I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen. Då sa Gud: «Det skal verta ein kvelv midt i vatnet; han skal skilja vatn frå vatn!» Og det vart så. Så gjorde Gud himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over han. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen. Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så. Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt. Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så. Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen. Då sa Gud: «Det skal verta ljos på himmelkvelven. Dei skal skilja mellom dag og natt og vera merke på høgtider, dagar og år. Dei skal skina på kvelven og lysa ut over jorda.» Og det vart så. Gud skapte dei to store ljosa, det største til å råda om dagen og det minste til å råda om natta, og stjernene. Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa ut over jorda, til å råda om dagen og natta og til å skilja ljoset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen. Då sa Gud: «Det skal yrja med liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.» Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og fuglane skal aukast på jorda!» Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen. Då sa Gud: «Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.» Og det vart så. Gud skapte alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt. Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!» Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen. Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte. Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte. På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp or jorda, herlege å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev kunnskap om godt og vondt. Ei elv gjekk ut frå Eden. Ho vatna hagen og delte seg sidan i fire greiner. Den fyrste heiter Pisjon. Det er den som renn kring heile Havila-landet, der det er gull. Gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolah-kvae og karneol. Den andre elva heiter Gihon. Det er den som renn kring heile Nubia. Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som renn austanfor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat. Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.» Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.» Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han. Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. Då sa mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kvinne, for ho er teken av ein mann.» Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje. Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!» Då sa ormen til kvinna: «De skal ikkje døy! Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.» No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt. Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet. Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?» Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.» Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.» Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.» Då sa Herren Gud til ormen: «Fordi du gjorde dette, skal du vera forbanna framfor alt fe og alle villdyr. På buken skal du krypa, og mold skal du eta ¬alle dine dagar. Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom ¬og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei ¬i hælen.» Til kvinna sa han: «Stor vil eg gjera di møde så tidt du er med barn; med verk og vande ¬skal du føda. Etter mannen din ¬skal du stunda, og han skal råda over deg.» Og til Adam sa han: «Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vera forbanna ¬for di skuld. Med møde skal du næra deg ¬av henne alle dine levedagar. Torn og tistel ¬skal ho bera, og du skal eta ¬av vokstrane på marka. Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken. Jord er du, og til jord skal du atter verta.» Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever. Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med. Og Herren Gud sa: «No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!» Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av. Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre. Adam levde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har fått ein gut av Herren.» Sidan fekk ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjætar, Kain vart jordbrukar. Då det leid av ei tid, hende det at Kain bar fram for Herren eit offer av grøda på marka. Abel bar fram offer, han òg; han gav av dei fyrstefødde lamma i saueflokken sin og feittet deira. Herren såg med velvilje på Abel og hans offergåve, men ansa ikkje Kain og gåva hans. Då vart Kain brennande harm og stirte nedfor seg. Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor stirer du ned for deg? Korleis er det? Har du godt i tankar, kan du lyfta augo. Men har du ikkje godt i tankar, ligg synda framfor døra og lurer. Ho trår etter deg, men du skal halda henne i age.» Sidan sa Kain til Abel, bror sin: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Og medan dei var der ute, rauk Kain på Abel, bror sin, og slo han i hel. Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg vakta bror min?» Då sa Herren: «Kva er det du har gjort? Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jorda! No skal du vera bannlyst frå den jord som opna munnen og tok imot blodet åt bror din frå di hand. Når du dyrkar marka, skal ho ikkje meir gje deg si grøde. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jorda.» Då sa Kain til Herren: «Straffa mi er så stor at eg ikkje kan bera henne. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg og vera heimlaus og fredlaus på jorda, og den som finn meg, kjem til å slå meg i hel.» Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain, så ingen som møtte han, skulle drepa han. Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austanfor Eden. Kain levde saman med kona si, og ho vart med barn og fødde Hanok. Kain bygde ein by og kalla han Hanok etter son sin. Hanok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael fekk sonen Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek. Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla. Ada fekk sonen Jabal. Han vart ættefar til dei som bur i telt og held buskap. Bror hans heitte Jubal. Han vart ættefar til alle dei som spelar på lyre og fløyte. Silla fekk òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Na’ama. Lamek sa til konene sine: «Ada og Silla, høyr mi røyst, Lameks koner, lyd på mine ord: Ein mann drep eg for kvart sår og ein gut for kvar skråme ¬eg får. Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek syttisju gonger.» Adam kom saman med kona si att, og ho fekk ein son og kalla han Set. «For Gud har gjeve meg ¬ein annan son og sett han i staden for Abel, sidan Kain slo han i hel.» Set fekk òg ein son og kalla han Enosj. På den tid tok dei til å kalla på Herrens namn. Dette er boka om Adams-ætta. Den dagen Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds bilete. Til mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske, den dagen dei vart skapte. Då Adam var 130 år, fekk han ein son som var så lik han som hans eige bilete, og han kalla han Set. Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Adam vart 930 år. Så døydde han. Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj. Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Set vart 912 år. Så døydde han. Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan. Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Enosj vart 905 år. Så døydde han. Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel. Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Kenan vart 910 år. Så døydde han. Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared. Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Mahalalel vart 895 år. Så døydde han. Då Jared var 162 år, fekk han sonen Enok. Etter at Jared hadde fått Enok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Jared vart 962 år. Så døydde han. Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Enok vart 365 år. Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg. Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek. Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han. Då Lamek var 182 år, fekk han ein son. Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.» Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer. Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han. Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet. Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.» På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne. Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.» Men Noah fann nåde hjå Herren. Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud. Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet. Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett. Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar. Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjera ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda. Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes. Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg. Eit tak skal du leggja på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det! Set ei dør på den eine sida, og bygg arka i tre høgder! No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda, skal døy. Men med deg vil eg gjera ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg. Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal det vera. Eitt par av kvart slag skal koma inn til deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, så dei kan berga livet. Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal vera til føde for deg og for dei.» Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt. Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For eg har sett at berre du er rettferdig for meg i denne ætta. Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho, og av dei dyra som ikkje er reine, eitt par, hann og ho, og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, så ættene deira kan haldast i live på jorda. For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og rydja ut av jorda alt liv som eg har skapt.» Og Noah gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt. Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda. Så gjekk dei inn i arka, Noah og sønene hans, kona og sonekonene hans, og ville berga seg for vassflaumen. Av dei reine og dei ureine dyra, av fuglane og alt som kryp på marka, kom to og to, hann og ho, inn i arka til Noah, som Gud hadde sagt. Då no dei sju dagane var lidne, kom storflaumen over jorda. I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg. Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter. Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans, dei og alle slag villdyr, alle slag fe og alle slag kryp som krælar på jorda, alle slag fuglar og alle dyr som har venger å flyga med. Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle skapningar som har livsande i seg. Hann og ho av alt som lever, kom inn til han, som Gud hadde sagt. Og Herren lét att døra etter han. No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. Ja, vatnet auka uhorveleg på jorda, og arka flaut på vatnet. Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde. Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte. Då døydde alt liv som rørte seg på jorda, både fugl og fe og villdyr, alt krypet som krælar på jorda, og alle menneska. Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. Såleis rudde Herren ut kvar levande skapning på jorda, både folk og fe og kryp og fuglane under himmelen; alt vart utrudt frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar. Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alle husdyra som var med han i arka. Og Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga. Kjeldene i havdjupet og lukene på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga. Etter kvart drog vatnet seg attende frå jorda. Då hundre og femti dagar var lidne, hadde det minka. Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg. Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka, og sleppte ut ein ramn. Han flaug att og fram til dess vatnet hadde turka bort frå jorda. Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka. Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og kom attende til han i arka; for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka. Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjøna Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda. Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir. I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr. Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr. Då sa Gud til Noah: «Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg! Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.» Så gjekk Noah ut, og sønene hans og kona og sonekonene hans saman med han. Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka. Noah bygde eit altar for Herren og tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg: «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, som eg no har gjort. Så lenge jorda står, skal sånad og skurd, ¬kulde og hete, sommar og vinter, dag og natt aldri ta slutt.» Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda. Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei. Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette. Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta. Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin. Den som tek menneskeblod, hans blod skal menneske ta; for i sitt bilete ¬skapte Gud mennesket Men de skal veksa og aukast, myldra på jorda ¬og verta mange der.» Så sa Gud til Noah og sønene hans: «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda. Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.» Og Gud sa: «Dette er teiknet ¬på pakta eg skipar mellom meg og dykk og kvar levande skapning ¬som hjå dykk er, for ætter som kjem i alle tider: Eg set bogen min i skyene; han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og jorda. Når eg samlar skyer over jorda, og bogen syner seg i skyene, då skal eg koma i hug den pakta som er mellom meg og dykk og kvar levande skapning. Aldri meir skal vatnet verta til ein storflaum ¬som tyner alt liv. Bogen skal koma i skyene; eg skal sjå han og minnast den pakta som alltid skal vera mellom Gud ¬og kvar levande skapning som rører seg på jorda.» Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.» Noah-sønene som gjekk ut or arka, var Sem, Kam og Jafet. Kam var far til Kanaan. Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda. Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken. Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han, sa han: «Forbanna vere Kanaan, den ringaste trælen ¬for brørne sine!» Og han sa: «Lova vere Herren, Sems Gud! Kanaan skal vera hans træl! Måtte Gud ¬gjera Jafets land stort! Han skal bu i Sems telt, og Kanaan skal vera hans træl.» Etter storflaumen levde Noah endå 350 år. Heile levetida åt Noah vart 950 år. Så døydde han. Dette er dei ættene som har kome frå sønene til Noah, Sem, Kam og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen. Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras. Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim. Frå dei har folka på kystane breitt seg ut i landa sine, kvart med sitt språk, ætt for ætt, folkeslag for folkeslag. Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan. Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan. Kusj fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda. Han vart ein veldig jeger for Herrens åsyn. Difor seier folk: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens åsyn.» Fyrst rådde han over Babel, Erek, Akkad og Kalne i Sinear-landet. Frå det landet fór han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah og Resen mellom Ninive og Kalah; det er den store byen. Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftukarane, patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane. Kanaan vart far til Sidon – det var den fyrste sonen hans – og til Het. Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane og girgasjittane, hevittane, arkittane, sinittane, arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan breidde kanaanearættene seg vidare ut. Landegrensa åt kanaanearane gjekk frå Sidon til Gasa, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim. Dette var sønene til Kam, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart ættefar til alle Eber-sønene. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram. Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj. Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneska spreidde ut over jorda. Og bror hans heitte Joktan. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerak, Hadoram, Usal, Dikla, Obal, Abimael, Saba, Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan. Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust. Dette var sønene til Sem, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag. Og dette er dei ættene som har kome frå Noah-sønene, nemnde etter sine ættleder og folkeslag. Frå dei har folkeslaga breitt seg ut på jorda etter storflaumen. Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet. Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned. Dei sa til kvarandre: «Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!» Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk. Så sa dei: «Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!» Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde. Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera. Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!» Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda. Dette er etterkomarane etter Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen. Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde han endå 500 år og fekk søner og døtrer. Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah. Og etter at han hadde fått Sjelah, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer. Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber. Og etter at han hadde fått Eber, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer. Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg. Og etter at han hadde fått Peleg, levde han endå 430 år og fekk søner og døtrer. Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re’u. Og etter at han hadde fått Re’u, levde han endå 209 år og fekk søner og døtrer. Då Re’u var 32 år, fekk han sonen Serug. Og etter at han hadde fått Serug, levde han endå 207 år og fekk søner og døtrer. Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nakor. Og etter at han hadde fått Nakor, levde han endå 200 år og fekk søner og døtrer. Då Nakor var 29 år, fekk han sonen Tarah. Og etter at han hadde fått Tarah, levde han endå 119 år og fekk søner og døtrer. Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nakor og Haran. Dette er soga om Tarah og ætta hans. Tarah fekk sønene Abram, Nakor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. Haran døydde hjå Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, i Ur i Kaldea. Abram og Nakor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai, og kona til Nakor heitte Milka. Ho var dotter til Haran. Han hadde døtrene Milka og Jiska. Men Sarai var barnlaus; ho kunne ikkje få born. Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona til Abram, og førte dei ut frå Ur i Kaldea og ville fara til Kanaan. Men då dei kom til Karan, slo dei seg ned der. Levetida hans Tarah vart 205 år. Så døydde Tarah i Karan. Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning! Eg vil velsigna dei ¬som velsignar deg, og forbanna den ¬som forbannar deg. I deg skal alle ætter på jorda ¬velsignast.» Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan. Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan. Då dei kom til Kanaan, fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet. Då synte Herren seg for Abram og sa: «Di ætt vil eg gje dette landet.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han. Derifrå flytte han opp i fjellet austanfor Betel og sette opp teltet sitt, så han hadde Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn. Sidan drog Abram vidare frå stad til stad, til Negev. Så vart det uår i landet. Då fór Abram ned til Egypt og ville halda til der; for nauda var stor i landet. Då det leid så langt at han mest var komen til Egypt, sa han til Sarai, kona si: «Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinne. Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans! Så slår dei meg i hel og lèt deg leva. Kjære, sei at du er syster mi, så det kan gå meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!» Då så Abram kom fram til Egypt, såg egyptarane at kvinna var ovfager. Og då stormennene åt farao fekk sjå henne, rosa dei henne for han. Så vart ho henta til huset åt farao. Og farao gjorde vel imot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, trælar og trælkvinner, eselhopper og kamelar. Men Herren slo farao og huset hans med svære plager på grunn av Sarai, kona hans Abram. Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort imot meg? Kvifor lét du meg ikkje vita at ho er kona di? Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og far din veg!» Og farao sette nokre menn til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte. Så fór Abram frå Egypt opp til Negev med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han. Abram var no svært rik, både på fe og på sølv og gull. Frå Negev fór Abram dagslei etter dagslei til dess han kom til Betel, til den staden der han før hadde hatt teltet sitt, mellom Betel og Ai. Der hadde han førre gongen bygt eit altar, og der kalla han på Herrens namn. Lot, som fylgdest med Abram, hadde òg småfe og storfe og telt. Men landet kunne ikkje fø dei når dei var i lag; dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Så vart det trette mellom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Kanaanearane og perisittane budde den gongen i landet. Då sa Abram til Lot: «Kjære, lat det ikkje vera trette mellom meg og deg og mellom mine gjætarar og dine! Vi er då frendar. Ligg ikkje heile landet framføre deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, skal eg ta til høgre; og tek du til høgre, skal eg ta til venstre.» Då såg Lot ut over landet og la merke til at heile Jordan-sletta, radt ned til Soar, var svært rik på vatn, som Herrens hage, som Egyptarlandet. Det var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde. Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta og tok austetter. Såleis skildest dei frå einannan. Abram vart buande i Kanaan, medan Lot slo seg ned i byane på sletta og flytte med telta sine heilt ned til Sodoma. Men folket i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren. Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft augo og sjå deg ikring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest! For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid. Eg vil la ætta di verta som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt kunna teljast òg. Stå opp og far gjennom landet, så langt og så breitt som det er! For deg vil eg gje det.» Sidan flytte Abram ikring med telta sine. Han kom til eikelunden i Mamre ved Hebron. Der vart han buande, og der bygde han eit altar for Herren. På den tid Amrafel var konge i Sinear, Arjok konge i Ellasar, Kedor-Laomer konge i Elam og Tidal konge over Gojim, vart det ufred mellom desse kongane og Bera, kongen i Sodoma, Birsja, kongen i Gomorra, Sjinab, kongen i Adma, Sjemeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, det som no heiter Soar. Alle desse slo seg saman og drog til Siddim-dalen, der Saltsjøen er no. Tolv år hadde dei stått under Kedor-Laomer, men i det trettande reiste dei seg mot han. Og fjortande året kom Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, og dei slo refaittane ved Asjterot-Karnajim, susittane ved Ham og emittane på Kirjatajim-sletta. Horittane slo dei på Se’ir-fjella og forfylgde dei heilt til El-Paran, som ligg utmed øydemarka. Så snudde dei og kom til Domskjelda, det er det same som Kadesj. Dei tok heile amalekittlandet og la under seg dei amorittane som budde i Haseson-Tamar. Kongane i Sodoma, Gomorra, Adma, Sebojim og Bela, som no heiter Soar, tok ut og fylka seg til strid mot dei i Siddim-dalen, mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem. Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver. Og då kongane i Sodoma og Gomorra laut røma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells. Så tok fiendane alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira og drog bort. Og dei tok med seg Lot, brorson til Abram, og alt det han åtte, og drog av stad. Lot budde i Sodoma. Ein av dei som hadde sloppe unna, kom og fortalde dette til Abram, hebrearen. Han budde attmed eikelunden åt amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde pakt med Abram. Då Abram fekk høyra at frenden hans var fanga, mønstra han alle dei våpenføre mennene som var fødde og fostra i huset hans, 318 i talet, og sette etter kongane heilt til Dan. Der delte han flokken sin og tok på dei om natta. Han vann over dei og forfylgde dei heilt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus. Så tok han att alt godset. Og Lot, frenden sin, og hans gods, tok han òg att, og like eins kvinnene og folket. Etter at Abram hadde vunne over Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, tok han på heimveg. Då kom kongen i Sodoma imot han til Slettedalen, som no heiter Kongsdalen. Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Den Høgste Gud. Han velsigna Abram og sa: «Velsigna vere Abram ¬av Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord! Lova vere Den Høgste Gud, som har gjeve dine fiendar ¬i di hand!» Så gav Abram han tiend av alt. Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du godset!» Men Abram svara: «Eg retter opp handa til Herren, Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord: Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje ha det å seia at du gjorde Abram rik. Eg vil berre ha att for den maten folket åt. Og så vil eg at dei mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, skal få det dei har rett på.» Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.» Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt. Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.» Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.» Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.» Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig. Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.» Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det til eige?» Då svara han: «Henta meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs ver, ei turteldue og ein dueunge!» Abram henta alt dette til han, skar dyra midt i to og la det eine stykket av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund. Rovfuglar slo ned på dei daude dyra, men Abram jaga dei bort. Då sola heldt på å glada, kom det ein tung svevn på Abram. Redsle kom over han – eit stort mørker. Og Gud sa til han: «Det skal du vita, at etterkomarane dine skal halda til i eit land som ikkje er deira. Dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundre år. Men det folket dei må træla for, vil eg òg døma, og sidan skal dei dra ut med mykje gods. Og du skal fara i fred til fedrane dine; i ein god alderdom skal du gå i grav. I fjerde ættleden skal dei koma hit att; for syndeskulda åt amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.» Då sola var gladd, og det var stummande mørkt vorte, synte det seg ein rykande omn og ein logande eld som fór fram mellom kjøtstykka. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva til Storelva, til Eufrat, landet åt kenittane, kenisittane, kadmonittane, hetittane, perisittane, refaittane, amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.» Sarai, kona til Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei egyptisk trælkvinne som heitte Hagar. Sarai sa til Abram: «Du veit, Herren har ikkje vilja la meg få born. Gå inn til trælkvinna mi! Kan henda ho får ein son til meg.» Og Abram gjorde som Sarai sa. Etter at Abram hadde butt ti år i Kanaan, tok Sarai, kona hans, trælkvinna si, Hagar frå Egypt, og lét mannen sin, Abram, få henne til kone. Han låg med Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvørde ho matmor si. Då sa Sarai til Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg har sjølv late deg ta trælkvinna mi i fang. Men no, når ho ser at ho er med barn, vanvørder ho meg. Herren skal døma mellom meg og deg!» Då sa Abram til Sarai: «Du rår sjølv over trælkvinna di. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg. Herrens engel fann henne attmed ei kjelde i øydemarka, attmed kjelda på vegen til Sjur. Og han sa: «Hagar, trælkvinna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg har rømt frå Sarai, matmor mi.» Då sa Herrens engel til henne: «Gå heim att til matmor di, og bøy deg under handa hennar!» Og han heldt fram: «Stor vil eg gjera ætta di; reint uteljande skal ho verta.» Så sa Herrens engel til henne: «No er du med barn, og du skal få ein son; han skal du kalla Ismael, for Herren har høyrt ¬kva du leid. Han skal verta eit villesel til kar. Hans hand skal vera vend ¬mot alle og alle hender mot han; beint framfor alle sine frendar skal han slå seg ned.» Då kalla ho Herren, som hadde tala til henne: «Du er Gud som ser.» For ho sa: «Kan det vera råd at eg her har sett skimten av han som ser meg?» Difor kallar dei den brunnen Lakai-Ro’i-brunnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered. Abram fekk ein son med Hagar, og han kalla sonen som han hadde fått med henne, Ismael. Abram var 86 år gamal då han fekk Ismael med Hagar. Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa: «Eg er Gud ¬Den Allmektige. Lev for mitt åsyn, ver heil i di ferd! Eg vil skipa ei pakt mellom meg og deg og gjera ætta di uhorveleg stor.» Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han: «Sjå, eg gjer ei pakt med deg, du skal verta far til mange folk. Du skal ikkje lenger ¬heita Abram, men Abraham ¬skal namnet ditt vera; for eg gjer deg til far ¬åt mange folk. Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg. Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg. Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.» Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled. Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast. De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt. Omskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei du har kjøpt for pengar. Såleis skal pakta mi syna seg på kroppen deira, ei evig pakt. Men den som ikkje er omskoren, den som ikkje har fått førehuda avskoren, den mannen skal rydjast ut or folket sitt; for han har brote mi pakt.» Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita. Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.» Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?» Og Abraham sa til Gud: «Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!» Men Gud sa: «Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han. Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk. Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.» Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han. Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle mennene i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av førehuda på dei, som Gud hadde sagt. Abraham var 99 år gamal då han vart omskoren. Og Ismael, son hans, var 13 år då han vart omskoren. Same dagen vart dei omskorne, Abraham og Ismael, son hans. Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hjå framande, vart omskorne saman med han. Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen. Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: «Herre, dersom du har god vilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!» Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Nøyt deg og ta tre mål kveitemjøl; kna det og bak kaker!» Sjølv sprang han bort til buskapen og henta ein fin og god kalv; den gav han til tenestguten, som skunda seg og laga han til. Så tok han rjome og mjølk og den kalven som guten hadde laga til, og sette det fram for mennene. Og han stod hjå dei under treet medan dei åt. Då sa dei til Abraham: «Kvar er Sara, kona di?» Han svara: «Ho er inne i teltet.» Ein av dei sa: «Til års på denne tid kjem eg til deg att, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltdøra, som var attanfor han. No var Abraham og Sara gamle og ut i åra komne; Sara hadde det ikkje lenger så som kvinner plar ha det. Difor lo ho med seg sjølv og tenkte: «Skulle eg få hug, endå så gamal som eg er, og mannen min er òg til års!» Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og tenkjer: Kan det vera råd at eg skal få barn, så gamal som eg er? Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.» Sara nekta og sa: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.» Så gjorde mennene seg ferdige og gjekk; og dei tok leia bortetter mot Sodoma. Abraham var med; han ville fylgja dei på vegen. Då tenkte Herren: «Skulle eg dølja for Abraham det eg vil gjera? Abraham skal då verta til eit stort og sterkt folk, og i han skal alle folk på jorda velsignast. Til det har eg valt han ut at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera rett og skil, så Herren kan la Abraham få det han har lova han.» Og Herren sa: «Sanneleg, det lyder høge klagerop over Sodoma og Gomorra; syndene deira er ovstore. No vil eg ned og sjå om dei har bore seg så ille åt som det lydest av den klaga over dei som har nått opp til meg; og har dei ikkje det, vil eg vita det.» Så snudde mennene seg og gjekk til Sodoma. Men Herren vart ståande framfor Abraham. Og Abraham gjekk nærare og sa: «Vil du verkeleg riva bort dei rettferdige saman med dei gudlause? Om det no er femti rettferdige i byen? Vil du då riva dei bort og ikkje spara staden for deira skuld? Det er ikkje di vis å fara så åt, å tyna den rettferdige saman med den gudlause, så det går den rettferdige like eins som den gudlause. Nei, det er ikkje di vis! Han som dømer all jorda, skulle ikkje han gjera det som rett er?» Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg spara heile byen for deira skuld.» Abraham tok til ords att og sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, endå eg er mold og oske. Om det no vantar fem på dei femti rettferdige? Vil du då leggja heile byen i øyde for dei fem skuld?» Han svara: «Nei, finn eg førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.» Abraham heldt fram med å tala til han. «Om det no finst førti?» sa han. Han svara: «For dei førti skuld skal eg ikkje gjera det.» Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar! Om det no finst tretti der?» Han svara: «Eg skal ikkje gjera det så sant eg finn tretti.» Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Om det no finst tjue der?» Han svara: «For dei tjue skuld skal eg ikkje øydeleggja byen.» Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar ein einaste gong til! Om det berre finst ti?» Han svara: «For dei ti skuld skal eg ikkje øydeleggja han.» Då Herren hadde tala ut med Abraham, gjekk han bort. Og Abraham gjekk heim att til seg. Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda og sa: «Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! Så kan de stå tidleg opp i morgon og ta i veg att.» Dei svara: «Nei, vi vil vera ute på torget i natt.» Men han nøydde dei så hardt at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit måltid for dei. Han baka usyrt brød, og dei åt. Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, kvar einaste mann, og slo ring om huset. Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få vår vilje med dei!» Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg og sa: «Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning! Eg har to døtrer som ingen mann har vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de lyster. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, sidan dei har funne livd under mitt tak.» Men dei ropa: «Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss,» sa dei, «og så gjev han seg til å vera domar! No skal vi fara verre åt med deg enn med dei.» Så gjekk dei hardt inn på mannen, på Lot. Dei storma mot døra og ville bryta henne sund. Då rette mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra. Og dei vildra synet på mennene utanfor husdøra, både på små og store; kor mykje dei streva, fann dei ikkje døra. Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, anten versøner, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så skal du ta dei med deg bort herifrå. For no skal vi øydeleggja denne staden, av di eit sterkt klagerop over folket har nått opp til Herren, og han har sendt oss for å øydeleggja byen.» Då gjekk Lot ut og sa frå til versønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Stå opp og kom dykk bort frå denne staden,» sa han; «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men versønene trudde at han skjemta med dei. Då det tok til å dagast, skunda englane på Lot og sa: «Stå opp, ta kona di og dei to døtrene dine som er her, så de ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort i denne byen!» Men då han drygde, tok mennene både han og kona hans og dei to døtrene hans i handa og leidde han til ein trygg stad utanfor byen. For Herren ville spara han. Då dei var utom byen komne, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stogga ikkje nokon stad på sletta! Røm til fjells; elles vert du riven bort!» Men Lot svara: «Å nei, herre! Tenaren din har då funne nåde hjå deg. Stor er den truskap du har vist meg med di du berga livet mitt. Men eg kan ikkje røma til fjells; for då kunne ulukka nå meg, så eg laut døy. Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan røma dit; store staden er det ikkje. Kjære, lat meg få røma dit – han er då så liten – så eg kan berga livet!» Då sa han: «Ja, eg gjer deg til viljes i dette òg; eg skal ikkje øydeleggja den byen du nemner. Skunda deg og røm dit! For eg kan ingenting gjera før du er framkomen.» – Difor kallar dei den byen Soar. Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar. Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen. Han øydela desse byane og heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka. Men kona hans Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ein saltstein. Tidleg om morgonen gjekk Abraham til den staden der han hadde stått framfor Herren. Då han skoda ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, såg han at det valt røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn. Så gjekk det til at Gud kom Abraham i hug då han øydela byane på sletta. Han leidde Lot midt ut or øydelegginga, som han sende over dei byane Lot hadde butt i. Frå Soar fór Lot opp i fjellet og gav seg til der saman med dei to døtrene sine; for han torde ikkje verta verande i Soar. Så budde dei i ei fjellhole, han og dei to døtrene hans. Då sa den eldste dottera til den yngste: «Far vår er gamal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan vera saman med oss på vanleg vis. Kom, lat oss gje far vår vin å drikka og liggja med han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!» Same kvelden skjenkte dei far sin vin, og den eldste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp. Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr her, i natt låg eg med far. Lat oss gje han vin å drikka i kveld òg. Og gå så du inn og legg deg hjå han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!» Dei skjenkte far sin vin den kvelden òg, og den yngste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp. No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin. Den eldste fekk ein son og kalla han Moab. Frå han er moabittane ætta, som finst den dag i dag. Den yngste fekk òg ein son og kalla han Ben-Ammi. Frå han er ammonittane ætta, som finst den dag i dag. Så flytte Abraham til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan heldt han til i Gerar. Han sa om Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, folk av stad og henta Sara. Men om natta kom Gud til Abimelek i ein draum og sa til han: «No skal du døy, fordi du har teke denne kvinna; for ho er ei gift kone.» Abimelek, som ikkje hadde vore nær henne, sa: «Herre, vil du då drepa rettferdige folk? Sa han ikkje til meg at ho er syster hans? Og sjølv har ho sagt at han er bror hennar. Med skuldlaust hjarta og reine hender har eg gjort dette.» Då sa Gud til han i draumen: «Ja, eg veit at du har gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg som heldt deg frå å synda mot meg; difor lét eg deg ikkje røra henne. Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.» Tidleg om morgonen kalla Abimelek til seg alle mennene sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene livande redde. Så sende Abimelek bod etter Abraham og sa til han: «Kva er det du har gjort mot oss? Og kva vondt har eg gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over meg og riket mitt? Du har fare åt mot meg som ingen bør gjera.» Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?» Abraham svara: «Eg tenkte: Det finst visst ingen age for Gud på denne staden; dei kjem til å slå meg i hel for kona skuld. Og så er ho då syster mi; ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi. Og ho vart kona mi. Då Gud lét meg fara ikring langt borte frå farshuset mitt, sa eg til henne: Såleis skal du syna din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.» Så tok Abimelek både småfe og storfe og trælar og trælkvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si. Abimelek sa: «Her ligg landet mitt framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!» Og til Sara sa han: «Sjå, eg gjev bror din tusen sekel sølv. Det skal vera ei ærebot for deg mellom alle som er saman med deg, og dermed får du full oppreising.» Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og trælkvinnene hans, så dei kunne få born att. For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek etter det som hende med Sara, kona hans Abraham. Herren tok seg av Sara som han hadde sagt, og gjorde med henne det han hadde lova. Sara vart med barn og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, på den tid Gud hadde nemnt for han. Abraham kalla son sin, som han hadde fått med Sara, Isak. Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre. Abraham var hundre år gamal då han fekk sonen Isak. Då sa Sara: «Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.» Og ho heldt fram: «Kven skulle ha sagt til Abraham: Sara skal gje småborn bryst! Og så har eg fått ein son på hans gamle dagar.» Isak voks opp, og mora vande han av. Abraham heldt eit stort gjestebod den dagen guten vart avvand. Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fått med Abraham, dreiv gjøn med Isak. Då sa ho til Abraham: «Du skal jaga den trælkvinna der og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son min, med Isak.» Dette gjorde Abraham svært vondt for sonen skuld. Men Gud sa til Abraham: «Ta deg ikkje nær av det som har hendt med guten og trælkvinna! Lyd Sara i alt det ho seier deg! For gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di. Men sonen til trælkvinna vil eg òg gjera til eit folk, fordi han er din son.» Morgonen etter tok Abraham brød og ei hit med vatn og gav det til Hagar. Han sette guten på ryggen hennar, og så sende han henne bort. Ho gav seg i veg, men villa seg bort i øydemarka ved Be’er-Sjeba. Då vatnet traut i hita, kasta ho barnet inn under ein busk. Og sjølv gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at guten døyr.» Medan ho sat der, tok guten til å gråta. Gud høyrde at han gret. Då ropa Guds engel frå himmelen til Hagar og sa: «Kva er i vegen med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt guten gråta der han ligg. Reis deg, ta han opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folk.» Så opna Gud augo hennar, og ho fekk sjå ein brunn. Ho gjekk og fylte hita med vatn og lét guten drikka. Og Gud var med guten. Han voks opp i øydemarka og vart bogeskyttar. Han budde i Paran-øydemarka, og mor hans fann ei kone til han frå Egypt. På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer. Sver no ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Liksom eg har gjort vel imot deg, skal du gjera vel imot meg og det landet du har fått tilhald i.» Abraham svara: «Ja, det skal eg sverja på.» Abraham kravde Abimelek til rekneskap for ein brunn som trælane åt Abimelek hadde rana til seg. Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje sagt meg det, og eg har ikkje høyrt om det før i dag.» Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med einannan. Men Abraham sette sju av lamma for seg sjølve. Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?» Han svara: «Desse sju lamma skal du ha av meg; det skal vera eit vitnemål om at eg har grave denne brunnen.» Difor kalla dei den staden Be’er-Sjeba; for der gjorde dei eiden, dei to. Då dei hadde gjort pakt i Be’er-Sjeba, tok Abimelek og Pikol, hærføraren hans, ut og fór heim att til Filistarlandet. Abraham planta ei tamariske i Be’er-Sjeba, og der kalla han på Herren, den evige Gud. Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet. Ei tid etter at dette hadde hendt, ville Gud setja Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.» Då sa han: «Ta Isak, einaste son din, som du held så av, og far til Moria-landet! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella som eg vil syna deg!» Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, kløvja eselet sitt og tok med seg to av tenestgutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. Tredje dagen, då Abraham såg seg ikring, fekk han auga på staden langt borte. Då sa Abraham til tenestgutane sine: «Ver de her med eselet! Eg og guten vil gå dit bort og tilbe; og så kjem vi hit til dykk att.» Så tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og så gjekk dei saman, dei to. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, guten min.» Isak sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?» Abraham svara: «Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.» Og så gjekk dei frametter, dei to. Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin. Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.» Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.» Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.» Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der. Ei tid etter at dette hadde hendt, kom det ein og sa til Abraham: Milka og Nakor, bror din, har òg fått søner: Us, som er eldst, Bus, bror hans, Kemuel, far til Aram, Kesed, Haso, Pildasj, Jidlaf og Betuel. Betuel var far til Rebekka. Desse åtte sønene fekk Nakor, bror til Abraham, med Milka. Fylgjekona hans, som heitte Re’uma, fekk òg born: Tebah, Gaham, Tahasj og Ma’aka. Sara vart 127 år gamal; det var levetida hennar. Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron, i Kanaan. Og Abraham gjekk inn og syrgde og gret over Sara. Sidan reiste han seg, gjekk bort frå den døde kona si og sa til hetittane: «Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.» Hetittane svara Abraham: «Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.» Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet, og sa til dei: «Samtykkjer de i at eg ber ut den døde kona mi og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hjå Efron, son til Sohar, så han lèt meg få Makpela-hola, som høyrer han til og ligg i utkanten av jordet hans. Han skal få full betaling om han her midt imellom dykk gjev meg hola til eigande gravstad.» No sat Efron der mellom hetittane; og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten: «Nei, høyr her, herre! Eg gjev deg jordstykket og hola som er der. For augo på landsmennene mine lèt eg deg få henne. Gravlegg den døde kona di!» Då bøygde Abraham seg for folket i landet og sa til Efron, så landsmennene hans høyrde det: «Gjev du ville høyra på meg! Eg betaler deg det som jordet er verdt. Ta imot pengane av meg! Så vil eg gravleggja kona mi der.» Efron svara Abraham: «Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt 400 sekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg kona di, du!» Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt medan hetittane høyrde på, 400 sekel, av det slaget dei brukar i handel. Så vart Efrons jorde, som ligg attmed Makpela, austanfor Mamre, skøytt til Abraham. Han fekk både jordet og hola, og alle trea som voks på jordet, så langt det rakk til alle kantar. Det var dei vitne til, alle hetittane som var komne til porten i byen der Efron budde. Og Abraham gravla Sara, kona si, i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det er Hebron, i Kanaan. Såleis gjekk jordstykket og hola der over frå hetittane til Abraham, så han fekk det til eigande gravstad. Abraham var no gamal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han i eitt og alt. Då sa Abraham til den eldste trælen i huset, han som styrte med alt det han åtte: «Legg handa di i fanget mitt, så vil eg ta deg i eid ved Herren, som er Gud i himmelen og på jorda, at du ikkje finn ei kone til son min mellom døtrene åt kanaanearane, som eg bur i lag med. Men til mitt eige land og folk skal du fara og henta ei kone til Isak, son min.» Trælen sa til han: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg hit til landet, skal eg då ta son din attende til det landet du er komen frå?» Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min! Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der. Men vil ikkje jenta fylgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Far berre ikkje dit att med son min!» Då la trælen handa si i fanget åt Abraham, herren sin, og svor på det. Så tok han ti av kamelane åt husbonden sin og gav seg i veg, og alle slag gilde ting hadde han med frå herren sin. Han tok ut og kom til Mesopotamia, til byen der Nakor budde. Han lét kamelane leggja seg ned attmed ein brunn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tid kvinnene plar gå ut og henta vatn. Og han bad: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, lat det lukkast for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min! No står eg her attmed kjelda medan dei unge jentene i byen kjem ut etter vatn. Seier eg til ei jente: Halla på krukka di, så eg får drikka! og ho svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg òg gje vatn – lat det då vera henne du har etla til Isak, tenaren din! På det skal eg skjøna at du har gjort vel mot husbonden min.» Før han var ferdig med bøna, bar det så til at Rebekka, dotter til Betuel, kom ut med ei krukke på aksla. Betuel var son til Milka og Nakor, bror åt Abraham. Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda og fylte krukka. Då ho kom opp att, sprang trælen imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!» Ho svara: «Drikk, herre!» og ho skunda seg og tok krukka ned i handa og lét han drikka. Då han hadde drukke seg utyrst, sa ho: «Eg skal henta vatn til kamelane dine òg, så dei kan sløkkja torsten.» Og ho skunda seg og tømde krukka i troa. Så sprang ho bort til brunnen att etter vatn og brynte alle kamelane hans. Mannen stod tagal og såg på henne. Han ville vita om Herren hadde late ferda hans lukkast eller ikkje. Då kamelane hadde drukke, tok mannen fram ein gullring som vog ein halv sekel, og to armband av gull til henne; dei vog ti sekel. Og han sa: «Kven si dotter er du? Kjære, sei meg det! Kan far din hysa oss i natt?» Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka. Vi har fullt opp av halm og fôr,» sa ho, «og husrom har vi òg.» Då bøygde mannen seg til jorda, tilbad Herren og sa: «Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, som ikkje har teke si miskunn og sin truskap frå husbonden min! Herren har ført meg rette vegen til frendane åt husbonden min.» Jenta sprang heim til mor si og fortalde alt dette. Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen attmed kjelda. For då han fekk sjå ringen og armbanda som systera hadde på seg, og då han høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, gjekk han ut til mannen. Og sjå, der stod han hjå kamelane attmed kjelda. Då sa Laban: «Kom inn, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har fjelga i huset og stelt til rom åt kamelane.» Så gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane. Laban henta halm og fôr til dyra og vatn til mannen og dei som var med han, så dei kunne vaska føtene. Så sette dei fram mat for han; men han sa: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har bore fram ærendet mitt.» Dei svara: «Sei fram!» Då sa han: Eg er trælen åt Abraham. Herren har storleg velsigna husbonden min, så han har vorte rik. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, trælar og trælkvinner, kamelar og esel. Og Sara, kona åt husbonden min, har fått ein son på sine gamle dagar; og alt det han eig, har han gjeve sonen. No har husbonden min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje finna ei kone til son min mellom dei unge jentene i Kanaan, det landet eg bur i. Men til farshuset og folket mitt skal du fara og finna ei kone til son min.» Då sa eg til husbonden min: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg?» Han svara: «Eg har ferdast for Herrens åsyn. Han skal senda sin engel med deg og la ferda di lukkast, så du finn ei kone til son min i mitt eige folk og farshus. Når du kjem til folket mitt, skal du vera løyst frå eiden du har svore meg. Jamvel om dei ikkje vil la deg få henne, skal du vera løyst frå eiden.» Då eg kom til kjelda i dag, sa eg: «Herre, Gud åt Abraham, husbonden min! Gjev du må la ferda mi lukkast! Her står eg attmed denne kjelda. Kjem det no ei ung jente ut etter vatn, vil eg seia til henne: Lat meg få litt vatn av krukka di! Svarar ho då: Drikk du, og til kamelane dine skal eg òg henta vatn, så lat det vera den kvinna du, Herre, har etla til son åt husbonden min.» Før eg var ferdig med bøna, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og auste opp vatn. Då sa eg til henne: «Kjære, lat meg få drikka!» Ho skunda seg, tok krukka ned og sa: «Drikk du, og kamelane dine skal eg òg brynna.» Så drakk eg, og kamelane gav ho òg vatn. «Kven si dotter er du?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og gullbanda på armane hennar. Og eg bøygde meg til jorda og tilbad Herren. Eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, fordi han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne få dotter til brorson åt husbonden min til kone åt son hans. Vil de no vera gode og trufaste mot husbonden min, så sei meg det! Og vil de ikkje, så sei meg det òg, så eg veit kva eg har å halda meg til! Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten frå eller til. Sjå, her har du Rebekka! Ta henne og far heim att! Lat son åt husbonden din få henne til kone, som Herren har sagt!» Då trælen hans Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren. Og han tok fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Til bror hennar og mor hennar hadde han òg dyre gåver. Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der om natta. Då dei stod opp om morgonen, sa han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!» Men bror til Rebekka og mor hennar sa: «Lat jenta vera hjå oss ei tid, ti dagar eller så! Sidan kan ho fara.» Då svara han: «Heft meg ikkje, no når Herren har late ferda mi lukkast! Lat meg få ta i veg og fara heim att til husbonden min!» Dei sa: «Vi skal ropa på jenta og spørja henne sjølv.» Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du fara med denne mannen?» Ho svara: «Ja, det vil eg.» Då lét dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar fara saman med trælen åt Abraham og mennene hans. Dei velsigna Rebekka og sa til henne: «Kjære syster, gjev du må verta til tusen gonger titusen! Gjev dine etterkomarar må ta borgene frå sine fiendar!» Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde. Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro’i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen. I kveldinga tok Isak seg ein tur ut på marka. Då han såg opp, vart han brått var nokre kamelar som kom. Og då Rebekka såg opp, fekk ho auga på Isak. Då sprang ho ned av kamelen og sa til trælen: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Trælen svara: «Det er husbonden min.» Då tok ho sløret og hadde det for andletet. Så fortalde trælen Isak alt det han hadde gjort. Og Isak leidde Rebekka inn i teltet åt Sara, mor si. Han tok henne til kone og vart glad i henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mor si. Abraham tok seg ei kone att; ho heitte Ketura. Med henne fekk han sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Joksjan fekk sønene Saba og Dedan; og sønene til Dedan var asjurarane, letusjarane og le’ummarane. Sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda’s. Alle desse var etterkomarar etter Ketura. Abraham gav Isak alt det han åtte. Men han gav òg gåver til dei sønene han hadde med fylgjekonene sine. Og medan han endå levde, lét han dei flytta bort frå Isak, son sin, og fara av stad, til eit land i aust. Levetida hans Abraham vart 175 år. Så anda han ut. Abraham døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og han fór til folket sitt. Sønene hans, Isak og Ismael, gravla han i Makpela-hola, på jordet åt hetitten Efron, son til Sohar, austanfor Mamre, det jordet som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart han gravlagd saman med Sara, kona si. Og då Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande attmed Lakai-Ro’i-brunnen. Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara. Dette er namna på Ismael-sønene, nemnde i den rekkjefylgje dei vart fødde i: Nebajot, eldste son til Ismael, Kedar, Adbe’el, Mibsam, Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var Ismael-sønene; og det er namna på dei som bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar og ættene deira. Levetida åt Ismael vart 137 år. Så anda han ut. Han døydde og fór til folket sitt. Ismaelittane hadde bustadene sine mellom Havila og Sjur, som ligg austanfor Egypt, der vegen går til Assyria. Beint framfor alle brørne sine slo han seg ned. Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak. Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban. Isak bad til Herren for kona si; for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn. Men då fostera støytte til kvarandre i livet hennar, sa ho: «Når så er, kvifor har då dette hendt meg?» Og ho gjekk og spurde Herren til råds. Herren sa til henne: «To folkeslag er det i livet ditt, to folk skal skiljast ¬alt frå mors liv. Det eine vert sterkare ¬enn det andre, den eldste skal tena den ¬yngste.» Då tida kom at ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i livet hennar. Den som kom fyrst, var raud, og loden som ein fell over heile kroppen. Han kalla dei Esau. Så kom broren; og han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gamal då dei vart fødde. Då gutane voks opp, vart Esau ein glup jeger, som heldt til i skog og mark. Jakob var ein fredeleg kar, som budde i telt. Isak heldt mest av Esau, for han ville gjerne ha vilt; men Rebekka var gladast i Jakob. Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten. Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom. Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!» Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?» Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob. Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten. Så vart det uår og naud i landet, som det hadde vore ein gong før, medan Abraham levde. Då fór Isak til Abimelek, filistarkongen i Gerar. Herren synte seg for han og sa: «Far ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet eg seier deg! Slå deg til her i landet, så skal eg vera med deg og velsigna deg! For deg og di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal halda den heilage lovnaden eg gav Abraham, far din. Eg skal gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og gje henne alle landa her. Og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi Abraham lydde meg og heldt seg etter det eg har fastsett, boda og føresegnene og lovene mine.» Så vart Isak buande i Gerar. Då mennene der på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia at ho var kona hans; han var redd dei skulle slå han i hel for Rebekka skuld, av di ho var så ven. Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak gav Rebekka, kona si, kjærteikn. Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne missa livet for hennar skuld.» Då sa Abimelek: «Kva har du gjort imot oss? Kor lett kunne det ikkje ha hendt at einkvan av folket hadde lege med kona di, og då hadde du ført skuld over oss!» Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.» Isak sådde korn der i landet og fekk hundre foll det året. Herren velsigna han, så han vart ein velhalden mann. Eigedomen hans auka meir og meir, til han vart svært rik. Han åtte småfe og storfe og trælar i slik mengd at filistarane vart avundsjuke på han. Alle brunnane som trælane åt far hans hadde grave medan Abraham levde, kasta filistarane att og fylte dei med jord. Då sa Abimelek til Isak: «Far bort frå oss; du er vorten for mektig for oss!» Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Og der vart han buande. Isak grov opp att dei brunnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistarane hadde kasta att då Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei. Då trælane åt Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei vassåre. Men gjætarane frå Gerar tretta med gjætarane åt Isak og sa: «Det er vårt vatn!» Så kalla han brunnen Esek, fordi dei tretta med han. Sidan grov dei ein annan brunn. Men då det vart strid om den òg, kalla Isak han Sitna. Han flytte bort derifrå og grov endå ein brunn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjort det romsleg for oss, så vi kan verta mange i landet.» Frå Rehobot fór Isak til Be’er-Sjeba. Same natta synte Herren seg for han og sa: «Eg er Gud åt Abraham, ¬far din. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg! Eg vil velsigna deg og gjera ætta di stor for Abraham, min tenar, ¬skuld.» Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han sette opp teltet sitt, og trælane hans grov ein brunn. Abimelek kom til han frå Gerar saman med Akussat, venen sin, og Pikol, hærføraren sin. Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har drive meg bort frå dykk?» Dei svara: «Vi har klårt sett at Herren er med deg. Og no seier vi: Lat oss sverja kvarandre ein eid! Vi vil gjera ei pakt med deg: Du skal ikkje gjera oss noko vondt, liksom heller ikkje vi har rørt deg. Vi gjorde berre vel imot deg og lét deg fara i fred. Du er då velsigna av Herren.» Så stelte han til eit gjestebod for dei, og dei åt og drakk. Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så bad Isak farvel med dei, og dei fór bort i fred. Same dagen kom trælane åt Isak og fortalde han om den brunnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei. Han kalla brunnen Sjiba. Difor heiter byen Be’er-Sjeba den dag i dag. Då Esau var førti år gamal, gifte han seg med Judit, dotter til hetitten Be’eri, og med Basmat, dotter til hetitten Elon. Dei vart ei hjartesorg for Isak og Rebekka. Då Isak var gamal vorten og dimdest så på synet at han mest var blind, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Du son min!» Han svara: «Ja, her er eg.» Så sa han: «Du ser eg er gamal vorten; eg veit ikkje kva dag eg skal døy. Ta no jaktreiskapen din, pilehuset og bogen, og gå ut i marka og skyt noko vilt åt meg! Lag så ein god rett, av det slaget eg likar! Kom hit med han og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.» Rebekka lydde på medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt og ha med seg heim. Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau og sa: Kom heim med noko vilt, lag ein god rett og lat meg eta, så vil eg velsigna deg for Herrens åsyn før eg døyr! Lyd no meg, guten min, og gjer det eg byd deg! Gå bort til småfeet og henta to fine kje, så skal eg laga ein god rett åt far din av det slaget han likar. Den skal du bera inn til far din, så han kan eta og velsigna deg før han døyr.» Då sa Jakob til mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snau. Kanskje far kjenner på meg. Så trur han at eg vil halda han for narr, og eg fører forbanning over meg i staden for velsigning.» «Den forbanninga skal eg ta på meg, guten min,» sa mora. «Berre lyd meg, du, og gå og henta kjeungane!» Så gjekk han etter kjea og kom til mor si med dei. Ho laga ein god rett av det slaget faren lika. Og Rebekka fann fram staskleda åt Esau, eldste son sin – ho hadde dei inne hjå seg – og lét Jakob, yngste sonen, ta dei på seg. Og skinna av kjeungane hadde ho på hendene og halsen hans, der han var snau. Så gav ho Jakob, guten sin, den gode retten og brødet som ho hadde stelt til. Han gjekk inn til far sin med det og sa: «Far!» «Ja,» sa han, «kven er du, guten min?» Då svara Jakob: «Eg er Esau, eldste son din. Eg har gjort som du bad meg. Set deg no opp og et av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!» Isak sa til son sin: «Korleis kunne du finna det så snøgt, guten min?» Han svara: «Herren din Gud sende det imot meg.» Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!» Så gjekk Jakob bort til far sin, og han kjende på han og sa: «Det er målet hans Jakob, men hendene hans Esau.» Isak kjende han ikkje; for hendene hans var lodne som hendene åt Esau, bror hans. Og han velsigna han. Han spurde: «Er du Esau, son min?» «Ja, det er eg,» svara Jakob. «Set fram åt meg,» sa Isak, «og lat meg få eta av viltet du har skote, guten min, så eg kan velsigna deg!» Då sette Jakob det fram for far sin, og han åt. Og han kom med vin til han, og han drakk. Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, guten min!» Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren angen av kleda hans, og han velsigna han og sa: «Kjenn, angen av son min er lik angen av ei eng som Herren har velsigna! Gud gjeve deg dogg ¬frå himmelen og rikeleg med grøde på jorda, korn og vin i mengd! Folkeslag skal tena deg, folk skal falla til fote for deg. Ver herre over dine brør! Sønene åt mor di ¬skal bøya seg for deg! Forbanna vere dei ¬som forbannar deg, og velsigna dei ¬som velsignar deg!» Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han var berre så vidt komen ut frå far sin – då kom Esau, bror hans, heim att frå jakta. Han òg laga ein god rett og bar inn til far sin. «Far,» sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet eg har skote, så du kan velsigna meg!» «Kven er du?» spurde Isak. Han svara: «Eg er Esau, eldste son din.» Då vart Isak så forfærd at han skalv, og han sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.» Då Esau høyrde dei orda av far sin, sette han i eit høgt og hjarteskjerande skrik og sa: «Velsigna meg òg, far!» Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga som du skulle ha.» Då sa Esau: «Med rette har han fått namnet Jakob; for no har han lurt meg to gonger. Fyrst tok han odelen min, og no har han teke velsigninga med.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?» Då tok Isak til ords og sa til Esau: «Eg har sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til trælane hans. Med korn og vin har eg sytt for han. Kva kan eg så gjera for deg, son min?» Esau svara: «Har du berre denne eine velsigninga, far? Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt. Då tok Isak til ords att og sa: «Langt borte ¬frå den grøderike jord skal din bustad vera og utan dogg frå himmelen. Av sverdet ditt skal du leva, og bror din lyt du tena. Men når du ein gong ¬slit deg laus, skal du riva åket hans ¬av nakken din.» Esau la Jakob for hat fordi far hans hadde velsigna han. Og Esau sa med seg sjølv: «Snart kjem den tid då vi lyt syrgja over far. Då skal eg drepa Jakob, bror min.» Då Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt, sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg. Lyd no meg, guten min! Gjer deg ferdig og røm til Laban, bror min, i Karan! Ver hjå han ei tid, til harmen har gått av bror din, til vreiden hans har vendt seg frå deg, og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvifor skulle eg missa dykk begge på ein og same dagen?» Rebekka sa til Isak: «Eg er lei av livet for desse hetittkvinnene skuld. Skulle no Jakob òg ta seg ei slik hetittjente til kone, ei av døtrene i landet, kva skal eg då leva for?» Då kalla Isak Jakob til seg, velsigna han og sa til han: «Du skal ikkje ta deg ei kone mellom kvinnene i Kanaan! Gjer deg ferdig og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone mellom døtrene til Laban, morbror din. Måtte Gud Den Allmektige velsigna deg og la ætta di veksa og aukast, så du vert til ei samling med ætter. Måtte han gje både deg og ætta di velsigninga åt Abraham, så du kan ta i eige det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham.» Så bad Isak farvel med Jakob, og han fór til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramearen, som var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau. Esau fekk vita at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Mesopotamia for å henta seg ei kone der, og at han hadde velsigna han og sagt at han ikkje skulle ta seg ei kone mellom kvinnene i Kanaan. Og Jakob hadde lydt far sin og mor si og fare til Mesopotamia. Då Esau skjøna at Isak, far hans, ikkje lika dei kanaaneiske kvinnene, gjekk han til Ismael og tok Mahalat til kone attåt dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot. Jakob tok ut frå Be’er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan. Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova. Då hadde Jakob ein draum. Han såg ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned i stigen. Brått stod Herren framfor han og sa: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Det landet du ligg i, vil eg gje deg og ætta di. Ætta di skal verta som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle ætter på jorda velsignast. Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du fer, og føra deg attende til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.» Då Jakob vakna or svevnen, sa han: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!» Og han vart forfærd og sa: «Kor ageleg han er, denne staden! Her er Guds hus, her er porten til himmelen.» Morgonen etter stod Jakob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt attom hovudet, reiste han til ein minnestein og slo olje på han. Han kalla staden Betel. Før heitte byen Lus. Så gav Jakob denne lovnaden: «Vil Gud vera med meg og verna meg på denne ferda, vil han gje meg brød å eta og klede til å ha på meg, og la meg koma vel heim att til farshuset mitt, så skal Herren vera min Gud. Denne steinen som eg har reist til ein minnestein, skal vera eit Guds hus; og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.» Så tok Jakob ut att og kom til det landet der austmennene budde. Då fekk han auga på ein brunn uti marka og tre saueflokkar som låg attmed han; for av den brunnen gav dei buskapen vatn. Men over brunnen låg det ein stor stein. Når alle flokkane var samla der, velte dei steinen av brunnen og lét småfeet drikka. Så la dei steinen på plass att. Jakob spurde: «Kvar er de frå, brør?» «Vi er frå Karan,» sa dei. Så spurde han: «Kjenner de Laban, son til Nakor?» Dei svara: «Ja, det gjer vi.» «Står det bra til med han?» spurde Jakob. «Ja, det gjer det,» svara dei. «Sjå, der kjem Rakel, dotter hans, med småfeet!» Då sa han: «Sola står enno høgt. Det er for tidleg å samla buskapen. Lat småfeet få drikka, og gå så og gjæt!» «Nei,» svara dei, «det kan vi ikkje før alle flokkane er samla, og gjætarane har velt steinen av brunnen. Då skal vi gje småfeet vatn.» Medan han endå stod og tala med dei, kom Rakel med buskapen åt faren; for det var ho som gjætte. Då Jakob fekk sjå Rakel, dotter til Laban, morbror sin, og småfeet hans, gjekk han fram, velte steinen av brunnen og lét buskapen til morbroren få drikka. Så kyste han Rakel, og gråten tok han. Jakob fortalde henne at han var i slekt med far hennar, og at han var son til Rebekka. Då sprang Rakel heim og sa dette til far sin. Med det same Laban fekk høyra om Jakob, systerson sin, sprang han imot han, slo armane kring han, kyste han og tok han med seg heim. Og Jakob fortalde han alt det som hadde hendt. Då sa Laban til han: «Sanneleg er vi same folket!» Så vart Jakob verande hjå han ein månads tid Ein dag sa Laban til Jakob: «Du skal då ikkje tena hjå meg for inkje, fordi om du er frenden min. Sei ifrå kva du vil ha i løn!» No hadde Laban to døtrer. Den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel. Lea hadde milde augo, men Rakel var velskapt og ven. Og Jakob hadde fått Rakel kjær. Difor sa han: «Eg skal tena hjå deg i sju år for Rakel, den yngste dottera di.» Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein framand mann. Ver du hjå meg!» Så tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åra tykte han var som nokre få dagar, så glad var han i henne. Jakob sa til Laban: «Lat meg no få kona mi! For tida mi er ute, og eg vil flytta saman med henne.» Då bad Laban i hop alt folket der på staden og heldt gjestebod. Men om kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde til Jakob; og han sov med henne. Laban lét henne få Silpa, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Lea, dotter hans. Men då morgonen kom, sjå, då var det Lea! Jakob sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Det var då for Rakel eg tente hjå deg. Kvifor har du svike meg?» Laban svara: «Det er ikkje skikk her hjå oss å gifta bort den yngste før den eldste. Lat bryllaupsveka hennar gå til ende, så skal eg gje deg den andre òg, dersom du vil tena hjå meg i sju år til!» Jakob så gjorde. Han heldt bryllaup med henne veka ut. Så gav Laban han Rakel, dotter si, til kone. Og Laban lét henne få Bilha, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Rakel, dotter hans. Så sov Jakob med Rakel òg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han hjå Laban i sju år til. Då Herren såg at Lea vart vanvørd, opna han morslivet hennar; men Rakel fekk ikkje born. Lea vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Ruben. «For Herren har sett mi naud,» sa ho; «no kjem mannen min til å halda av meg.» Og ho vart med barn ein gong til og fekk ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg vart vanvørd, og no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simeon. Sidan vart ho med barn att og fekk ein son. Då sa ho: «No må då mannen min halda seg til meg, sidan han har fått tre søner med meg.» Så kalla ho han Levi. Endå ein gong vart ho med barn og fekk ein son. Då sa ho: «No vil eg prisa Herren.» Difor kalla ho han Juda. Så fekk ho ikkje fleire born då. Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho avundsjuk på syster si og sa til Jakob: «Lat meg få born! Elles døyr eg.» Då vart Jakob harm på Rakel og sa: «Er eg i Guds stad? Det er han som har nekta deg born.» Då sa ho: «Der er Bilha, trælkvinna mi. Gå inn til henne! Ho kan føda på knea mine og hjelpa meg òg til born.» Så gav ho han Bilha, trælkvinna si, til kone, og Jakob låg med henne. Bilha vart med barn og fekk ein son med Jakob. Då sa Rakel: «Gud har hjelpt meg til retten min. Han har høyrt bøna mi og gjeve meg ein son!» Så kalla ho han Dan. Sidan vart Bilha, trælkvinna åt Rakel, med barn att og fekk ein son til med Jakob. Då sa Rakel: «Overmenneskelege stridar har eg stridt med syster mi, og eg har vunne.» Så kalla ho han Naftali. Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, trælkvinna si, og gav Jakob til kone. Og Silpa, trælkvinna åt Lea, fekk ein son med Jakob. Då sa Lea: «For ei lukke!» Så kalla ho han Gad. Sidan fekk Silpa, trælkvinna åt Lea, ein son til med Jakob. Då sa Lea: «Å sæle meg! For alle kvinner kjem til å prisa meg sæl.» Så kalla ho han Asjer. Ein dag i kveiteskurden gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alruner, og han tok dei med heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunene åt son din!» Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunene åt son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunene, kan Jakob liggja med deg i natt.» Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunene som son min fann.» Så låg han med henne den natta. Og Gud høyrde bøna hennar Lea. Ho vart med barn og fekk den femte sonen med Jakob. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn, fordi eg lét mannen min få trælkvinna mi.» Så kalla ho han Jissakar. Sidan vart Lea med barn att og fekk den sjette sonen med Jakob. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. No kjem mannen min til å halda seg til meg, fordi han har fått seks søner med meg.» Så kalla ho han Sebulon. Sidan fekk ho ei dotter og kalla henne Dina. Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde bønene hennar og opna morslivet hennar, så ho vart med barn og fekk ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort vanæra mi.» Og ho kalla han Josef; for ho sa: «Gjev Herren ville la meg få ein son til!» Då Rakel hadde fått Josef, sa Jakob til Laban: «Lat meg fara, så eg kan koma heim til mitt eige land! Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent for, så eg kan fara! For du veit sjølv korleis eg har tent deg.» Då sa Laban: «Hadde du berre godvilje for meg! Eg har fått eit varsel om at det er for di skuld Herren har velsigna meg. Sei kva du vil ha i løn,» sa han, «så skal eg gje deg det!» Jakob svara: «Du veit sjølv korleis eg har tent deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han. For det var lite du hadde før eg kom, men no har det auka til ei stor mengd. Herren har velsigna deg for kvart steg eg tok. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?» Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg nokon ting. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjæta småfeet ditt og sjå etter det. I dag skal eg gå gjennom heile buskapen din og skilja ut alle flekkete og spreklete dyr, alle dei svarte sauene og dei flekkete og spreklete geitene. Det skal vera løna mi. Ærlegdomen min skal vitna for meg når du sidan kjem og ser over løna mi. Finst det hjå meg ei geit som ikkje er flekket eller spreklet, og ein sau som ikkje er svart, så er dei stolne.» Då svara Laban: «Godt, lat det vera som du seier!» Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spreklete, og alle geitene som var flekkete og spreklete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei svarte sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei. Så heldt Laban seg tre dagsreiser frå Jakob, medan Jakob gjætte resten av småfeet hans. No fann Jakob seg friske stavar av kvitpoppel, mandeltre og platan og flekte borken av dei i striper, så den kvite veden kom til synes. Så sette han stavane som han hadde flekt borken av, opp i vasstrørne, i rennene, der småfeet kom og drakk – beint framfor dyra; for dei para seg når dei kom og drakk. No para småfeet seg attmed stavane og fekk stripete, flekkete og spreklete ungar. Jakob skilde lamma ifrå, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og svarte dyra i buskapen åt Laban. Såleis fekk han seg eigne flokkar, som han ikkje sleppte saman med småfeet åt Laban. Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob stavar i rennene, midt for augo på dei, så dei skulle para seg attmed stavane. Men var det veike dyr, sette han ikkje stavane der. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke. Difor vart mannen svært rik. Han fekk ei mengd med småfe, trælkvinner og trælar, kamelar og esel. Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Han har teke alt det far vår åtte. Og av det som far vår åtte, har han lagt seg til all denne rikdomen.» Jakob såg på andletet åt Laban at han ikkje var den same mot han som før. Då sa Herren til Jakob: «Far attende til landet åt fedrane dine og til folket ditt, og eg skal vera med deg.» Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marka, der han var med buskapen sin. Han sa til dei: Eg ser på andletet åt far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud åt far min har vore med meg. De veit sjølve at eg har tent far dykkar så godt eg kunne. Og så har han svike meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud lét han ikkje få gjera meg noko vondt. Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di,» fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete skal du ha i løn,» fekk heile buskapen stripete ungar. Såleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det. På den tid småfeet para seg, hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som sprang på småfeet, var stripete, flekkete og droplete. Og Guds engel sa til meg i draumen: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.» Då sa han: «Sjå no fram for deg, så skal du få sjå at alle bukkane som spring på småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett korleis Laban fer åt mot deg. Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein og gav meg ein lovnad. Gjer deg no ferdig og far ut or dette landet og attende til heimlandet ditt!» Då tok Rakel og Lea til ords og sa til han: «Har vi enno arv og lut i huset åt far vår? Har han ikkje rekna oss for framande? Han har då selt oss og sjølv øydt opp det han fekk for oss. Ja, all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud har sagt til deg!» Så gjorde Jakob seg ferdig og sette borna og konene sine opp på kamelane. Han tok med seg heile buskapen sin, det feet han hadde fått seg i Mesopotamia, og alt godset han hadde samla. No ville han fara til Isak, far sin, i Kanaan. Medan Laban var borte og klypte sauene sine, stal Rakel husgudane åt far sin. Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje eit ord om at han ville fara sin veg. Han rømde med alt det han åtte. Han gav seg på vegen, sette over Eufrat og tok leia mot Gilead-fjellet. Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt. Då tok han med seg frendane sine, sette etter han sju dagsleier og nådde han att på Gilead-fjellet. Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob!» Då Laban nådde att Jakob, hadde han sett opp teltet sitt på fjellet, og Laban og frendane hans sette òg opp telt på Gilead-fjellet. Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført bort døtrene mine som om dei var hærtekne. Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du det ikkje til meg, så eg kunne fylgt deg på vegen med glederop og song, med handtromme og lyre? Du lét meg ikkje eingong få kyssa sønene og døtrene mine. Dette var uklokt gjort av deg. Det står i mi makt å skada dykk. Men Gud åt far dykkar sa til meg i natt: Ta deg i vare så du ikkje seier eit vondt ord til Jakob! Men når du no har teke ut, fordi du lengta så etter farsætta di, kvifor stal du då husgudane mine?» Då tok Jakob til ords og sa til Laban: «Eg var redd. For eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt. Men den du finn husgudane dine hjå, skal missa livet. Sjå no etter kva eg har med meg, medan frendane våre er til stades, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei. Laban gjekk inn i teltet åt Jakob og telta åt Lea og dei to trælkvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut or teltet hennar Lea og inn i teltet til Rakel. Rakel hadde teke husgudane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban leita i heile teltet, men fann ingen ting. Då sa Rakel til far sin: «Herren min må ikkje ta det ille opp at eg ikkje kan reisa meg for han. For eg har det som kvinner stundom plar ha det.» Så leita han, men fann ikkje husgudane. Då vart Jakob harm og kom med klagemål mot Laban. Han tok til ords og sa til han: «Kva vondt har eg gjort? Kva er mi synd, sidan du forfylgjer meg såleis? Alt det eg eig, har du ransaka. Kva fann du då som høyrer til i huset ditt? Legg det fram her for mine og dine frendar, så dei kan døma mellom oss to. No har eg vore hjå deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri kasta. Og verane i buskapen din har eg ikkje ete opp. Eg kom ikkje til deg med ihelrivne dyr, men bøtte sjølv skaden. Når noko var stole, kravde du skadebot av meg, anten det hadde hendt om dagen eller om natta. Om dagen vart eg plaga av hete og om natta av kulde; eg fekk ikkje svevn på augo. I tjue år har eg vore i huset ditt. Fjorten år tente eg for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt; og ti gonger endra du løna mi. Hadde ikkje Gud åt far min vore med meg, Abrahams Gud og Isaks Redsle, så hadde du visseleg no sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og mitt strev, og i natt har han felt sin dom.» Då tok Laban til ords og sa til Jakob: «Døtrene er mine, borna er mine, og buskapen er min. Alt det du ser, er mitt. Kva kunne eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått? Kom no, lat oss gjera ei pakt med einannan! Den skal vera vitne mellom meg og deg.» Då tok Jakob ein stein og reiste han til ein minnestein. Og han sa til frendane sine: «Sanka i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys; og dei heldt måltid der attmed røysa. Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed. Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed og Mispa, for han sa: «Herren skal vakta på meg og deg, når vi ikkje ser einannan lenger. Fer du ille med døtrene mine, eller tek du deg andre koner attåt dei, så skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg, om det ikkje er eit menneske til stades.» Då sa Laban til Jakob: «Sjå, denne steinrøysa og minnesteinen har eg reist mellom meg og deg! – Både røysa og steinen skal vera vitne på at eg ikkje fer framom dei til deg, og at du ikkje kjem framom dei til meg på det som vondt er. Abrahams Gud og Nakors Gud, han som var Gud åt far deira, skal døma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla åt Isak, far sin. Og Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad frendane sine til måltid. Dei åt og var på fjellet den natta. Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så fór han heim att. Jakob heldt fram på ferda. Då kom Guds englar imot han. Med det same Jakob fekk auga på dei, sa han: «Her er Guds leir.» Og han kalla staden Mahanajim. Jakob sende folk føre seg til Se’ir-landet, til Edoms-marka, med bod til Esau, bror sin. Han baud dei: «De skal seia til Esau, herren min: Så seier Jakob, tenaren din: Eg har halde til hjå Laban og vore der til no. Eg har fått oksar, esel og småfe, trælar og trælkvinner. No sender eg bod om dette til deg, herre, om eg kunne vinna godvilje hjå deg.» Bodberarane kom attende til Jakob og sa: «Vi møtte Esau, bror din; men no kjem han imot deg med fire hundre mann.» Då vart Jakob livande redd. Han delte folket som var med han, og småfeet, storfeet og kamelane i to flokkar. For han tenkte: «Om Esau kjem over den eine flokken og slår han, kan den flokken som er att, sleppa unna.» Så bad Jakob: «Du Gud åt Abraham, far min, du Gud åt Isak, far min! Herre, du som sa til meg: Far attende til landet ditt og folket ditt, så skal eg gjera vel imot deg! Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist mot tenaren din. For med stav i hand gjekk eg over Jordan, og alt det eg har, er delt i to flokkar. Fria meg no frå Esau, bror min! For eg er redd han skal koma og slå i hel meg og mine, både mor og born. Du har då sjølv sagt at du alltid vil gjera vel imot meg og la ætta mi verta som havsens sand, som ingen kan telja.» Og han var der den natta. Så tok han ut av alt det han åtte, ei gåve til Esau, bror sin: 200 geiter og 20 bukkar, 200 sauer og 20 verar, 30 mjølkekamelar med føl, 40 kyr og 10 oksar, 20 eselhopper og 10 esel. Han sende trælane sine i veg med dyra, kvar flokk for seg, og sa: «Far de føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom flokkane!» Så sa han til den fyrste trælen: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv, då skal du seia: Jakob, tenaren din; det er ei gåve han sender til deg, Esau, herren min. Og snart kjem han sjølv etter.» Såleis baud han den andre og den tredje trælen og alle dei andre som fylgde med flokkane, å tala til Esau når dei møtte han: «De skal seia: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidka han med den gåva eg sender føre meg. Sidan vil eg stiga fram for han; kanskje han då tek vel imot meg.» Så fór trælane føre med gåva. Men sjølv vart Jakob verande i leiren om natta. Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to trælkvinnene og dei elleve sønene og gjekk over Jabbok-vadet. Han sette dei over elva, og alt det han åtte, førte han over. No var Jakob åleine att. Då kom det ein mann og stridde med han, heilt til det ljosna av dag. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han til hofta hans, så ho gjekk or led medan dei striddest. Og han sa: «Slepp meg, for no dagast det!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.» «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel skal namnet ditt vera. For du har stridt med Gud og menneske og vunne.» Då bad Jakob: «Kjære, sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der. Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud åsyn til åsyn og endå berga livet.» Med det same han kom framom Penuel, rann sola. Og han var halt i hofta. Difor er det så den dag i dag at israelittane aldri et muskelen over hofteskåla, fordi Jakob fekk eit slag på hofteskåla, over hoftemuskelen. Då Jakob såg opp, fekk han auga på Esau, som kom med fire hundre mann. Då skifte han borna mellom Lea, Rakel og dei to trælkvinnene. Han sette trælkvinnene og borna deira fremst, så Lea og borna hennar attanfor og Rakel med Josef attarst. Sjølv gjekk han framføre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til dess han kom bort åt bror sin. Men Esau sprang imot han og slo armane kring han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. Då Esau såg opp, fekk han auga på kvinnene og borna og sa: «Kven er det du har med deg der?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i nåde har gjeve tenaren din.» Så kom trælkvinnene fram med borna sine og bøygde seg til jorda. Og Lea kom fram med borna sine og bøygde seg. Til sist gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg til jorda. Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville vinna godvilje hjå deg,» svara han. Då sa Esau: «Eg har nok, bror. Ta du vare på det som ditt er!» «Nei, kjære vene,» svara Jakob, «har eg vunne godvilje hjå deg, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. Ta no imot den gåva eg har sendt deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Så nøydde Jakob han til han tok imot gåva. Då sa Esau: «Lat oss ta ut og koma i veg, så skal eg fara beint framføre deg.» Men Jakob svara: «Du veit at borna ikkje toler mykje, herre, og at eg må syta for lamsauene og dei nybære kyrne mine. Driv ein dei for hardt, om berre ein einaste dag, stryk alt småfeet med. Vil du ikkje gjera vel, herre, og fara føre tenaren din? Så kan eg fylgja etter i ro og mak, med ein fart som høver for driftene og borna, til dess eg er framme hjå deg i Se’ir.» Då sa Esau: «Så vil eg la nokre av mennene mine vera att hjå deg.» Men han svara: «Kvifor det? Berre du vil visa meg godvilje, herre!» Same dagen snudde Esau om og fór sin veg til Se’ir. Og Jakob tok ut og kom til Sukkot. Der bygde han seg eit hus og laga lauvhytter til buskapen sin. Det er grunnen til at dei kallar staden Sukkot. Sidan kom Jakob på si ferd frå Mesopotamia vel fram til Sikem i Kanaan. Og han slo leir utanfor byen. Det jordstykket som han hadde sett opp teltet sitt på, kjøpte han av sønene til Hamor, far til Sikem, for hundre pengestykke. Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel. Dina, dottera som Jakob hadde fått med Lea, gjekk ein gong ut og ville sjå på jentene i landet. Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, fekk sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og skjemde henne ut. Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala venleg til henne. Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få den jenta til kone!» Jakob fekk høyra at Sikem hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde med det til dei kom heim. Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han. Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei kjende seg såra og var brennande harme. For det var eit skjemdarverk Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda! Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har lagt sin hug til dotter dykkar. Lat han få henne til kone! Lat oss gifta borna våre i hop! Gjev oss døtrene dykkar, og gift de dykk med våre døtrer! Slå dykk ned hjå oss, så skal landet liggja ope for dykk! Her kan de bu, og her kan de fara fritt ikring og få dykk eigedom.» Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Om de berre kan godta meg, så skal eg gje dykk det de bed om! Krev ein høg bruresum og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får jenta til kone.» Då gav Jakobs-sønene Sikem og Hamor, far hans, eit svikefullt svar, fordi han hadde skjemt ut Dina, syster deira. Dei sa: «Det kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss. Berre på eitt vilkår kan vi gjera dykk til viljes: at de vert som vi og lèt alle menn hjå dykk omskjera. Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner, og bu saman med dykk, så vi vert eitt folk. Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.» Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa. Den unge mannen drygde ikkje med å gjera dette. For han heldt av dotter til Jakob, og det var han som var den fremste i heile farshuset. Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, ut til porten i byen sin og sa til bymennene: «Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Lat dei bu her i landet og fara fritt ikring i det! Landet er då vidt nok for dei på alle kantar. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer. Men berre på eitt vilkår vil mennene retta seg etter oss og bu saman med oss, så vi vert eitt folk: Alle menn hjå oss må la seg omskjera, liksom dei er omskorne sjølve. Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, vert då vårt, berre vi gjer dei til viljes, så dei slår seg ned hjå oss.» Då lydde dei Hamor og Sikem, son hans, alle som høyrde til i byen hans. Dei lét seg omskjera, alle menn som høyrde heime der i byen. Men den tredje dagen, då dei endå var sjuke, tok dei to Jakobs-sønene Simeon og Levi, brørne til Dina, kvar sitt sverd, trengde seg uhindra inn i byen og slo i hel alle mannfolk. Hamor og Sikem, son hans, drap dei òg med kvasse sverd. Så tok dei Dina ut or huset åt Sikem og drog bort. Sidan kom sønene til Jakob over dei falne og plyndra byen, fordi dei hadde skjemt ut syster deira. Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen og det som var ute på marka. Alt godset deira og alle kvinnene og borna deira førte dei bort; alt som var i husa, rana dei. Då sa Jakob til Simeon og Levi: «De har gjort meg stor skade. De har valda at eg får uord på meg hjå folket i landet, hjå kanaanearane og perisittane. Eg rår då berre over ein liten flokk. Samlar dei seg imot meg, kjem dei til å slå meg og tyna både meg og mitt hus.» Men dei svara: «Skulle han få fara åt med syster vår som med ei skjøkje?» Gud sa til Jakob: «Gjer deg ferdig, far opp til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.» Då sa Jakob til husfolket sitt og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hjå dykk, reinsa dykk og skift klede! Så skal vi ta ut og fara til Betel. Der vil eg byggja eit altar for Gud, som høyrde bøna mi den gongen eg var i fare, og som var med meg på ferda mi.» Då lét dei Jakob få alle dei framande gudane dei hadde hjå seg, og ringane som dei hadde i øyro. Og Jakob grov det ned under den eika som står bortmed Sikem. Så tok dei ut, og ei redsle frå Gud kom over byane der ikring, så ingen sette etter Jakobs-sønene. Jakob kom til Lus i Kanaan – no heiter staden Betel – både han og alt folket som var med han. Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel; for der hadde Gud synt seg for han då han rømde for bror sin. Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart gravlagd nedanfor Betel, under den store eika; den kalla dei Gråte-eika. Endå ein gong synte Gud seg for Jakob, etter at han var komen heim frå Mesopotamia, og velsigna han. Og Gud sa til han: «No heiter du Jakob. Men du skal ikkje lenger ¬heita Jakob; Israel skal namnet ditt vera.» Såleis fekk han namnet Israel. Og Gud sa til han: «Eg er Gud Den Allmektige. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ja, mange folkeslag skal ættast frå deg, og kongar skal ha sitt opphav ¬i deg. Og det landet som eg gav Abraham og Isak, det gjev eg deg og ætta di etter deg.» Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han. Jakob reiste ein minnestein der Gud hadde tala med han. Og han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han. Og Jakob kalla den staden der Gud hadde tala med han, Betel. Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fekk Rakel eit barn. Det var ei hard fødsle. Medan ho låg i hardaste riene, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! Denne gongen òg får du ein son.» Med det same ho anda ut – for det kosta henne livet – kalla ho han Ben’oni. Men faren gav han namnet Benjamin. Rakel døydde og vart gravlagd attmed vegen til Efrat, det er Betlehem. Og Jakob reiste ein minnestein på grava hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel, som står der den dag i dag. Så tok Israel ut att og sette opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder. Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk stad og låg med Bilha, fylgjekona åt far sin. Og Israel fekk vita det. Jakob hadde tolv søner. Sønene til Lea var Ruben, eldste son til Jakob, Simeon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon. Sønene til Rakel var Josef og Benjamin. Sønene til Bilha, trælkvinna åt Rakel, var Dan og Naftali. Og sønene til Silpa, trælkvinna åt Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Mesopotamia. Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til. Levetida hans Isak vart 180 år. Så drog Isak sitt siste andedrag og døydde. Han fór til folket sitt, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, gravla han. Dette er ætta til Esau, som òg vert kalla Edom. Esau tok seg koner mellom jentene i Kanaan: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon, og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot. Med Ada fekk Esau sonen Elifas og med Basmat Re’uel; og med Oholibama fekk han Je’usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alt godset han hadde samla seg i Kanaan, og flytte til Se’ir-landet, bort frå Jakob, bror sin. For dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Det landet dei hadde halde til i, kunne ikkje røma dei, så stor var buskapen deira. Esau slo seg då ned i Se’ir-fjella; Esau, det er den same som Edom. Dette er ætta åt Esau, som var ættefar til edomittane i fjell-landet Se’ir. Her er namna på Esau-sønene: Elifas, son til Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son til Basmat, kona hans Esau. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas. Elifas, son til Esau, hadde ei fylgjekone som heitte Timna. Med henne fekk han sonen Amalek. Det var etterkomarane etter Ada, kona hans Esau. Og dette er sønene til Re’uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det var etterkomarane etter Basmat, kona hans Esau. Og dette er dei sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter hans Ana, son til hevitten Sibon: Je’usj, Jalam og Korah. Dette er hovdingane i Esau-ætta: Sønene til Elifas, eldste son hans Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas, Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som er ætta frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar etter Ada. Og dette er sønene til Re’uel, son hans Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som er ætta frå Re’uel i Edom. Dei er etterkomarar etter Basmat, kona hans Esau. Og dette er sønene til Oholibama, kona hans Esau: hovdingane Je’usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som er ætta frå Oholibama Anasdotter, kona hans Esau. Dette var sønene til Esau – det er Edom – og dei hovdingane som er ætta frå dei. Dette er sønene til horitten Se’ir, som budde i landet før: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane åt horittane, Se’ir-sønene i Edom. Sønene til Lotan var Hori og Heman, og syster hans var Timna. Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam. Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i øydemarka, medan han gjætte esla åt Sibon, far sin. Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama. Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran. Dette er sønene til Eser: Bilhan, Sa’avan og Akan. Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran. Dette er ættehovdingane åt horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan. Det var horitthovdingane i Se’ir, ætt for ætt. Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel: Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah, frå Bosra, konge etter han. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på Moab-marka. Byen hans heitte Avit. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved Eufrat konge etter han. Då Saul døydde, vart Ba’al-Hanan, son til Akbor, konge etter han. Då Ba’al-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa’u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab. Dette er namna på hovdingane i Esau-ætta, nemnde etter bustader, ættgreiner og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet, Oholibama, Ela, Pinon, Kenas, Teman, Mibsar, Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustadene deira i det landet dei åtte. Og dette var ætta til Esau, far til Edom-folket. Men Jakob vart buande i Kanaan, det landet far hans hadde halde til i. Dette er soga om Jakobs-ætta. Då Josef var sytten år gamal, gjætte han småfeet i lag med brørne sine. Ung som han var, fylgde han sønene til Bilha og Silpa, konene til faren. Og alt det vonde han høyrde om dei, gjekk han til faren med. Men Israel heldt meir av Josef enn av alle dei andre sønene sine, fordi han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein sid kjortel med lange ermar til han. Og då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre sønene sine, vart dei hatige på han og kunne ikkje seia eit venleg ord til han. Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han. Han sa til dei: «No skal de høyra kva eg har drøymt! Eg tykte vi var ute på åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg opp og stod, medan dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.» Då sa brørne til han: «Vil du kan henda vera kongen vår og rå over oss?» Og så hata dei han endå meir for draumane og sogene hans. Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» Men då han fortalde det til faren og brørne, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skulle eg og mor di og brørne dine koma og bøya oss til jorda for deg?» Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne. Så var det ein gong brørne hans var av og gjætte småfeet åt faren bortmed Sikem. Då sa Israel til Josef: «Gjæter ikkje brørne dine bortmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til dei.» «Ja, gjer det!» svara han. Då sa far hans: «Gå av stad og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet; kom så heim att og sei meg det!» Så sende Jakob han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem. Medan han no vanka ikring på marka, møtte han ein mann. «Kva leitar du etter?» spurde mannen. «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære, sei meg kvar dei gjæter!» Mannen sa: «Dei er farne herifrå; eg høyrde dei sa: No vil vi til Dotan!» Så gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan. Dei såg han langt borte; og før han kom fram til dei, sette dei seg føre å drepa han. Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren! No tek vi og slår han i hel! Så kastar vi han ned i ein av brunnane her og seier at eit udyr har ete han opp. Då skal vi sjå kva det vert av draumane hans.» Men då Ruben høyrde det, ville han berga Josef ut or hendene deira og sa: «Vi må ikkje ta livet av han!» Og Ruben heldt fram: «Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Dette sa han fordi han ville berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans. Då no Josef kom bort til brørne sine, reiv dei av han kjortelen – kjortelen med dei lange ermane – som han gjekk i. Og dei tok og kasta han ned i brunnen. Men brunnen var tom; det fanst ikkje vatn i han. Så sette dei seg ned og ville eta. Men då dei såg opp, fekk dei auga på ein karavane med ismaelittar, som kom frå Gilead. Dei førte gummi, balsam og harpiks med seg på kamelane sine og var på veg til Egypt. Då sa Juda til brørne sine: «Kva gagn er det i at vi slår bror vår i hel og døl drapet? Kom, lat oss selja han til ismaelittane og ikkje leggja hand på han! Han er då bror vår, av same kjøt og blod som vi.» Og brørne hans lydde han. Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp or brunnen. Så selde dei han til ismaelittane for tjue sekel sølv; og dei tok han med seg til Egypt. Då Ruben kom attende til brunnen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine. Han gjekk attende til brørne og sa: «Guten er der ikkje! Kvar skal eg no gjera av meg?» Så slakta dei ein bukk, tok kjortelen åt Josef og duppa han i blodet. Og dei sende kjortelen med dei lange ermane heim til far sin og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen åt son din!» Då han hadde sett etter, sa han: «Det er kjortelen åt son min. Eit udyr har ete han opp. Josef er ihelriven!» Og Jakob reiv sund kleda sine, batt syrgjeplagg kring hoftene og syrgde over son sin i lange tider. Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han. Men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg lyt eg fara ned til son min i dødsriket,» sa han. Og faren gret over son sin. Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta. På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira. Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne. Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er. Så vart ho med barn att og fekk ein son; han kalla ho Onan. Sidan fekk ho endå ein son og kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib. Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar. Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det så at han døydde. Då sa Juda til Onan: «Ta enkja etter bror din heim til deg og gift deg med henne, så du held oppe ætta åt bror din!» Men Onan visste at borna ikkje skulle vera hans. Når han låg med kona til bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så broren ikkje skulle få etterkomarar. Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens augo, og han laga det så at han òg døydde. Då sa Juda til Tamar, sonekona si: «No må du sitja enkje i huset åt far din til Sjela, son min, er vaksen.» For han tenkte: «Kanskje han òg kjem til å døy liksom brørne hans.» Så fór Tamar heim att og budde hjå far sin. Lang tid etter døydde dotter til Sjua, kona hans Juda. Og då syrgjetida var ute, gjekk Juda opp til Timna, til dei som klypte sauene hans, og venen hans, Hira frå Adullam, var med han. Tamar fekk vita at verfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klyppa sauene sine. Då la ho av seg enkjebunaden og tok på seg eit slør, som ho sveipte vel om seg. Så sette ho seg attmed inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sjela var vaksen no, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans. Då Juda fekk auga på henne, tenkte han det var ei skjøkje; for ho hadde sveipt til andletet. Så tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?» Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av buskapen min.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!» «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglringen og snora, og staven som du har i handa.» Det gav han henne. Så fekk han liggja med henne, og ho vart med barn. Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjebunaden. Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje. Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.» Så gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket på staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.» Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette! Eg har då sendt kjeet, men du fann henne ikkje.» Om lag tre månader etter kom dei og sa til Juda: «Tamar, sonekona di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!» Men då dei førte henne ut, sende ho bod til verfar sin: «Den mannen som eig desse tinga, han er far til barnet mitt. Sjå etter kven det er som eig denne seglringen og snora og staven!» sa ho. Då Juda hadde sett på det, sa han: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje late henne få Sjela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir. Då det så leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar. Og med det same ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein raud tråd og batt kring handa hans og sa: «Denne kom fyrst.» Men så drog han handa attende, og bror hans kom fram. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres. Så kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah. Josef vart ført ned til Egypt. Og Potifar, ein egyptar som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta, kjøpte han av ismaelittane, som hadde hatt han med seg dit. Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel. Han vart verande i huset hjå den egyptiske husbonden sin. Og då husbonden såg at Herren var med han og lét alt det han gjorde, lukkast, vann Josef godvilje hjå han og fekk vera tenaren hans. Potifar sette han til å styra huset sitt og ha tilsyn med alt det han åtte. Og frå den tid egyptaren hadde sett han over huset sitt og over heile eigedomen sin, velsigna Herren huset hans for Josef skuld. Herrens velsigning kvilte over alt det han hadde, både i huset og på marka. Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt. Josef var både velvaksen og ven. Og då det leid av ei tid, hende det at kona åt husbonden kasta augo sine på han. «Kom og ligg med meg!» sa ho. Men han ville ikkje og sa til henne: «Når eg er her, treng ikkje husbonden min syta for noko i huset. Han har gjeve meg tilsyn med alt det han eig. Han har ikkje meir å seia her i huset enn eg, og har ikkje nekta meg nokon ting utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då gjera så stygg ei gjerning og synda mot Gud?» Endå ho tala til Josef dag etter dag, gjekk han ikkje med på å liggja med henne og vera i hop med henne. Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Det var ingen inne av dei som høyrde huset til. Då greip ho han i kappa og sa: «Kom og ligg med meg!» Men han sleppte kappa og rømde ut or huset. Då ho såg at han hadde rømt frå både henne og kappa, ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: «No kan de sjå! Mannen min har drege inn i huset ein hebrear, som fer og fjasar med oss. Han kom inn og ville liggja med meg; men eg ropa så høgt eg kunne. Og då han høyrde at eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.» Så lét ho kappa liggja der til husbonden kom heim. Då sa ho det same til han: «Den hebraiske trælen som du har drege inn i huset til oss, kom inn til meg og var nærgåande. Men då eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.» Då husbonden åt Josef høyrde kva kona hans fortalde – «så og så har trælen din fare åt mot meg,» sa ho – vart han brennande harm. Han tok Josef og kasta han i fengsel, der fangane åt kongen sat i lekkjer. No vart Josef sitjande der i fengslet. Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han. Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han. Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast. Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen. Då vart farao harm på dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren. Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange. Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid. Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining. Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag. Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de så sturne i dag?» Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» Då sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!» Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg så klårt eit vintre framfor meg. Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer. Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.» Då sa Josef: «Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans. Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset! For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.» Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet. I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.» Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar. Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.» Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine. Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao, og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt då han tydde draumane deira. Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir på Josef; han gløymde han. To år etter hende det at farao hadde ein draum. Han tykte han stod nedmed Nilen. Då steig det opp or elva sju kyr, fine å sjå til og godt i hold, og dei gav seg til å beita i elvegraset. Etter dei kom det sju andre kyr opp or elva, stygge å sjå til og ringt i hold. Dei vart ståande attmed dei fyrste kyrne på elvebakken. Og dei stygge, magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao. Men så sovna han att og hadde ein draum til. No såg han sju tjukke, gode aks som voks på eitt og same strået. Etter dei skaut det opp sju andre aks, som var tynne og svidne av austavinden. Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke, fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum. Men om morgonen hadde han slik uro i seg. Han sende bod etter alle spåmenn og vismenn i Egypt. Og farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunne tyda dei for han. Då tok skjenkjarmeisteren åt farao til ords og sa: «Eg må minna om syndene mine i dag. Farao vart ein gong harm på tenarane sine, meg og bakarmeisteren, og sette oss i varetekt hjå hovdingen over livvakta. Ei natt drøymde vi, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining. Der var vi saman med ein hebreargut, som tente hjå hovdingen over livvakta. Han fortalde vi draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei. Og så som han tydde dei for oss, så gjekk det. Eg fekk att stillinga mi, og bakaren vart hengd.» Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengslet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao. Då sa farao til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.» Josef svara: «Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.» Så sa farao til Josef: «Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen. Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset. Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne. Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg. Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået. Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden. Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.» Då sa Josef til farao: «Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao. Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen. Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma. Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao. No kjem det sju gode år i heile Egypt. Men etter dei skal det koma sju uår, så all overfloda vert gløymd i Egypt, og uåra skal arma ut landet. Ingen skal minnast overfloda i landet for den nauda som fylgjer; for ho vert ovhard. Men når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud er fast rådd på dette, og at han vil gjera det snart. No skulle farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. Og så skulle han setja inn tilsynsmenn utover landet til å krevja inn femteparten av grøda i Egypt i dei sju åra det er overflod. Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao. Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.» Farao og alle mennene hans tykte godt om desse orda. Og farao sa til mennene sine: «Skal tru vi finn ein mann som har Guds Ande som han?» Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du. Du skal styra huset mitt, og det du seier, skal heile folket retta seg etter. Berre kongsstolen vil eg ha framom deg. Sjå, eg set deg over heile Egypt,» sa farao til Josef. Og farao tok seglringen av handa si og sette han på handa åt Josef. Så kledde han Josef i fine linklede og hengde ei gull-lekkje kring halsen hans. Og han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa «Abrek» for han. Såleis sette farao han over heile Egypt. Og han sa til Josef: «Eg er farao. Ingen skal røra hand eller fot i heile Egyptarlandet utan at du vil det.» Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Så tok Josef til å ferdast kringom i Egypt. Josef var tretti år gamal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Og då Josef gjekk bort frå farao, fór han gjennom heile Egypt. Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod. Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring. Josef hauga opp korn i store mengder – som havsens sand – til dei gav opp å halda tal på det; for det var ikkje teljande. Før det fyrste uåret kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. Den eldste kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma all mi møde og heile mi ætt,» sa han. Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjeve meg born i det landet der eg leid vondt,» sa han. Så var dei til ende, dei sju gode åra i Egypt, og dei sju uåra tok til å koma, som Josef hadde sagt. Det var naud og svolt i alle land; berre i Egypt fanst det mat. Men snart tok alt folket i Egypt til å svelta, og dei ropa til farao etter brød. Og farao sa til dei: «Gå til Josef! Det han seier dykk, skal de gjera.» Nauda breidde seg ut over heile landet. Då opna Josef alle lagra og selde korn til egyptarane; for nauda var hard i Egypt. Og frå alle land kom det folk til Egypt og ville kjøpa korn hjå Josef; for nauda var hard over heile jorda. Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og stirer på kvarandre? Eg har høyrt,» sa han, «at dei har korn i Egypt. Far dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan berga livet og sleppa å døy!» Då fór brørne åt Josef, ti i talet, ned til Egypt og ville kjøpa korn. Men Jakob sende ikkje Benjamin, heilbror til Josef, av stad med brørne. Han var redd det kunne henda han ei ulukke. Så var då Israels-sønene òg mellom dei som kom og ville kjøpa korn; for det var uår og naud i Kanaan. No var Josef styrar i Egypt, og han selde korn til alt folket der. Då brørne hans kom, kasta dei seg til jorda for han. Med det same Josef fekk sjå brørne sine, kjende han dei att, men gjorde som han var framand for dei. Han tala strengt til dei og sa: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå Kanaan og vil kjøpa korn.» Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han. Då kom Josef i hug det han hadde drøymt om dei. Og han sa: «De er spionar som kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.» «Nei, herre,» svara dei, «tenarane dine vil berre kjøpa korn. Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk og ikkje spionar.» «Jau,» sa han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.» Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til éin mann i Kanaan. Den yngste er heime hjå far, og ein av oss lever ikkje lenger.» Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar. Men no vil eg setja dykk på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit! Ein av dykk skal fara i veg og henta bror dykkar, medan de andre vert verande her som fangar! Så vil det visa seg om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så visst som farao lever.» Så heldt han dei fengsla i tre dagar. Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer no som eg seier, så skal de få leva! Eg er ein mann som har age for Gud. Dersom de er ærlege folk, så lat ein av brørne vera att her i fengslet, medan de andre fer i veg med korn til livberging for dei som er heime. Kom så hit til meg med yngste bror dykkar! Då vil eg tru dykk, og de skal sleppa å døy.» Og dei så gjorde. Dei sa seg imellom: «Sanneleg, vi må bøta for det vi gjorde mot bror vår. Vi såg kor hjarteredd han var då han bad så fint for seg; og likevel ville vi ikkje høyra på han. Difor er vi no komne i slik naud.» Då tok Ruben til ords og sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle fara så stygt med guten? Men de ville ikkje høyra. Og no krevst det hemn for blodet hans.» Dei visste ikkje at Josef skjøna dette; for han bruka tolk når han tala med dei. Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simeon ut or flokken og batt han så dei såg på. Sidan sa Josef frå til folka sine at dei skulle fylla sekkene deira med korn, leggja pengane åt kvar av dei atti sekkene og gje dei niste med på vegen. Og det vart gjort. Så leste dei kornet på esla og tok ut. Men då dei slo leir for natta, og ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr, fekk han auga på pengane; dei låg øvst i sekken. Han sa til brørne: «Eg har fått att pengane mine. Her ligg dei i sekken min!» Då vart dei reint ille ved. Skjelvande såg dei på kvarandre og sa: «Kva er det Gud har gjort mot oss?» Så kom dei heim til Jakob, far sin, i Kanaan. Og dei fortalde han alt det som hadde hendt dei. «Mannen som rår der i landet, tala strengt til oss,» sa dei, «og tok oss for folk som ville speida ut landet. Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar. Vi var tolv brør som alle hadde same faren. Ein av oss lever ikkje lenger, og den yngste er heime hjå far vår i Kanaan. Han som rår der i landet, sa då til oss: Dette vil eg ha til teikn på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg. Og de andre kan ta med dykk alt de treng til livberging for dei som er heime, og fara i veg. Kom så til meg med yngste bror dykkar, så eg kan sjå at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kan fara fritt ikring i landet.» Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei sin pengepung der. Og då dei fekk auga på pengepungane, stokk dei til, både dei og far deira. Og Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er borte, Simeon er borte, og no vil de ta Benjamin òg. Det er meg det går ut over alt dette.» Då sa Ruben til far sin: «Begge sønene mine kan du drepa dersom eg ikkje kjem heim att til deg med Benjamin. Berre lat han vera med meg! Eg skal føra han attende til deg.» Men Jakob svara: «Son min skal ikkje fara med dykk dit ned. For bror hans er borte, og han er åleine att. Kjem han ut for ei ulukke på den ferda de skal gjera, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.» Det var endå harde uår i landet. Og då dei hadde brukt opp det kornet dei henta i Egypt, sa Jakob til sønene sine: «Far av stad att og kjøp litt korn til oss!» Men Juda svara: «Mannen sa med reine ord: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med. Vil du no la han få vera med oss, skal vi fara av stad og kjøpa korn til deg. Men sender du han ikkje, fer vi ikkje ned att. For mannen sa til oss: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.» Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg så vondt og fortalde at de har endå ein bror?» Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss og ætta vår. Han sa: Far dykkar, lever han enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Vi kunne vel ikkje vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!» Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Så gjer vi oss ferdige og fer av stad, så vi kan berga livet og sleppa å døy, både vi og du og småborna våre. Eg skal svara for han; av meg kan du krevja han att. Kjem eg ikkje heim att med han og set han framføre deg, skal eg bera skulda for det alle mine dagar. Hadde vi ikkje drygt så lenge, kunne vi no ha vore heime att både ein og to gonger.» Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer som eg seier: Ta med i sekkene dykkar noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåve til mannen. Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan ha med tilbake dei pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene! Kanskje det var eit mistak. Ta så bror dykkar, gjer dykk ferdige og far attende til mannen! Gjev Gud Den Allmektige må la dykk møta godvilje hjå mannen, så han sender med dykk Benjamin og den andre bror dykkar. Men skal eg vera barnlaus, så får eg vera det!» Så tok mennene med seg desse gåvene og dobbelt så mange pengar – og Benjamin. Dei gjorde seg ferdige og fór til Egypt, der dei steig fram for Josef. Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til hushaldaren sin: «Bed desse mennene inn! Slakta og stell til, for dei skal eta middag med meg!» Mannen gjorde som Josef sa. Han bad dei med inn i huset åt Josef. Men då dei skulle gå inn, vart dei redde og tenkte: «Det er vel for dei pengane som låg att i sekkene våre førre gongen, at vi skal hit inn. Dei vil ryka på oss, kasta seg over oss, gjera oss til trælar og ta esla våre.» Så gjekk dei bort til hushaldaren hans Josef og tala med han i husdøra. «Høyr her, herre,» sa dei, «du veit vi har vore her ein gong før og kjøpt korn. Men då vi kom til den staden der vi skulle vera natta over, og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken. Det var våre eigne pengar, og dei låg der, alle saman. No har vi dei med oss hit att. Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.» Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei. Sidan fylgde mannen dei inn i huset åt Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og lét dei få fôr til esla. Så la dei gåvene til rettes, medan dei venta på at Josef skulle koma heim til middag. For dei hadde høyrt at dei skulle eta der. Då Josef kom, bar dei inn til han gåvene dei hadde med seg, og kasta seg til jorda for han. Han spurde korleis dei levde, og sa: «Står det bra til med den gamle far dykkar, som de tala om? Lever han enno?» «Ja,» svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din. Han lever enno.» Så bøygde dei seg og kasta seg ned for han. Då fekk han auga på Benjamin, heilbror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, som de tala til meg om? Gud signe deg, guten min!» Og Josef skunda seg bort; for kjærleiken til broren loga opp i han, så han laut få gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret. Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han gjorde seg hard og sa: «Set fram maten!» Då sette dei fram på serskilde bord – for han og for brørne og for egyptarane som åt hjå han. For egyptarar kan ikkje eta i lag med hebrearar; det held dei for ein styggedom. Brørne fekk sitja midt for han. Dei vart sessa etter alderen, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast. Så delte han ut til dei av rettene på sitt eige bord, og Benjamin fekk fem gonger så mykje som kvar av dei andre. Og dei drakk med han og kom i godlag. Sidan sa Josef til hushaldaren sin: «Fyll sekkene åt desse mennene med korn, så mykje dei kan få med seg, og legg pengane åt kvar av dei oppå kornet! Legg så staupet mitt, sølvstaupet, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa. Morgonen etter, med same det ljosna, fekk mennene fara av stad med esla sine. Men dei var ikkje langt utom byen komne før Josef sa til hushaldaren sin: «Set etter mennene! Og når du tek dei att, skal du seia til dei: Kvifor løner de godt med vondt? Kvifor har de stole sølvstaupet mitt? Er ikkje dette det staupet som herren min drikk av, og som han spår i? Det var ille gjort av dykk!» Då hushaldaren tok dei att, sa han dette til dei. «Kvifor talar du såleis, herre?» spurde dei. «Gud fri tenarane dine frå å gjera noko slikt! Du ser, dei pengane vi fann øvst i sekkene våre, hadde vi med oss hit til deg att frå Kanaan. Kvifor skulle vi då stela sølv eller gull or huset åt herren din? Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og vi andre skal vera trælane dine.» Han svara: «Ja, lat det vera som de seier! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men de andre skal vera utan skuld.» Så skunda dei seg og lyfte sekkene ned på jorda og opna kvar sin sekk. Hushaldaren såg etter, tok til hjå den eldste og enda hjå den yngste. Og staupet fann han i sekken hans Benjamin. Då reiv dei sund kleda sine, kløvja kvar sitt esel og fór attende til byen. Og Juda og brørne hans kom inn i huset åt Josef medan han endå var der. Og dei kasta seg til jorda for han. Då sa Josef til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at eg kan finna ut det som er dult?» «Kva skal vi svara deg, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia, og korleis kan vi syna at vi er skuldlause, når Gud har funne skuld hjå tenarane dine? Sjå, vi er trælane dine, herre, både vi og han som staupet vart funne hjå.» Men Josef sa: «Gud fri meg frå å gjera slikt! Den som hadde staupet, han skal vera trælen min. Men de andre kan fara heim til far dykkar i fred.» Då gjekk Juda fram for han og sa: Høyr her, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, og ver ikkje harm på meg! Du er då som farao sjølv! Du spurde oss, herre: «Har de nokon far eller bror?» Då svara vi: «Ja, vi har ein gamal far, og han har ein ung son, som han fekk på sine gamle dagar. Denne guten hadde ein bror, men han er borte. No er han åleine att etter mor si, og far hans er så glad i han.» Du sa til tenarane dine: «Kom hit til meg med han, så eg får sjå han med eigne augo.» Då sa vi til deg, herre: «Guten kan ikkje skiljast frå far sin; for skilst han frå han, døyr faren.» Men du sa til tenarane dine: «Kjem ikkje yngste bror dykkar med hit, vil eg ikkje sjå dykk for augo mine.» Då vi så kom heim til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre. «Far av stad att,» sa far, «og kjøp litt korn til oss!» Då svara vi: «Nei, det kan vi ikkje gjera. Men er yngste bror vår med, skal vi fara dit ned. For vi kan ikkje koma mannen for auga utan at yngste bror vår er med.» Då sa far vår, tenaren din, til oss: «De veit at eg fekk to søner med same kona. Men den eine vart borte for meg. Eg sa: Han er visseleg ihelriven, og eg har ikkje sett han sidan. Tek de no denne òg ifrå meg, og kjem han ut for ei ulukke, så sender de meg, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket.» Skal eg no koma heim til far min, tenaren din, og vi ikkje har med oss guten, som hjarta hans heng så fast ved, så vert det døden hans, når han ser at guten ikkje er med. Vi kjem til å senda far vår, tenaren din, gamal og grå, med sorg ned i dødsriket. For eg, tenaren din, tok på meg å svara for guten hjå far min. Eg sa: «Kjem eg ikkje heim att til deg med han, skal eg stå i skuld til deg alle mine dagar.» Lat difor meg vera att i staden for guten og vera trælen din, herre! Lat han fara heim att saman med brørne sine! For korleis kunne eg koma heim att til far når guten ikkje var med? Eg heldt ikkje ut å sjå på den sorg som då kom over far min. Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod ikring han. Han ropa: «Lat alle dei andre gå ut frå meg!» Så var det ingen annan til stades då Josef fortalde brørne sine kven han var. Han sette i og gret så høgt at egyptarane høyrde det, ja, dei høyrde det i huset åt farao. Og han sa til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne hans kunne ikkje svara han. Dei stod der som dei var klumsa. Då sa Josef til dei: «Kom hit til meg!» Så gjekk dei bort til han, og han sa: Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egypt. Men no skal de ikkje vera sorgfulle eller urolege fordi de selde meg hit. Gud ville berga liv; difor sende han meg føre dykk. No har vi hatt to uår i landet, og enno kjem det fem år utan pløying og hausting. Men Gud sende meg føre dykk fordi han ville leiva ein rest av dykk på jorda og berga mange levande gjennom nauda. Så er det ikkje de som har sendt meg hit, men Gud. Han har sett meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. Skunda dykk no og dra heim att til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! Du skal få bu i Gosen og vera der eg er, både du og borna og barneborna dine, med småfe og storfe og alt det du eig. Og eg skal syta for deg der – for enno kjem det fem uår – så korkje du eller huslyden din eller nokon av dine skal lida naud.» No ser de med eigne augo, både de og Benjamin, bror min, kven det er som talar med dykk. Ber då bod til far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett! Og skunda dykk og kom hit ned med far! Så kasta Josef seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret; og Benjamin gret i armane hans. Han kyste alle brørne sine og gret medan han tok dei i famn. Sidan tala brørne med han. Då det spurdest i kongsgarden at brørne hans Josef var komne, vart farao og mennene hans fegne. Og farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Så skal de gjera: Kløvja på dyra dykkar og far heim att til Kanaan! Så skal de ta far dykkar og huslydane dykkar og koma til meg. Eg vil gje dykk det gode som finst i Egypt; de skal få eta av det beste i landet. Og du skal seia frå at dette skal dei gjera: Ta med dykk vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Henta så far dykkar og kom hit! De skal ikkje kvida dykk om de må fara frå eignelutene dykkar. For det beste som finst i heile Egypt, skal høyra dykk til.» Israels-sønene gjorde så. Og Josef gav dei vogner, som farao hadde sagt, og lét dei få med seg niste på vegen. Dei fekk alle kvar sin høgtidsbunad. Men Benjamin gav han tre hundre sekel sølv og fem høgtidsbunader. Sameleis sende han far sin ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper med korn og brød og mat til faren på ferda. Så bad Josef farvel med brørne sine, og dei fór av stad. Han sa til dei: «Lat det ikkje verta trette på vegen!» Så tok dei ut frå Egypt og kom heim att til Jakob, far sin, i Kanaan. Dei bar fram bodet til han og sa: «Josef er enno i live. Han er jamvel styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjarta; for han trudde dei ikkje. Så fortalde dei han alt det Josef hadde sagt til dei, og han såg vognene som Josef hadde sendt til å henta han i. Då kvikna han til att, Jakob, far deira. «Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, er enno i live! Eg vil av og sjå han før eg døyr.» Så tok Israel ut med alt det han hadde. Då han kom til Be’er-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans. Då tala Gud til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og Israel svara: «Ja, her er eg.» Så sa han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje redd for å fara til Egypt; for der vil eg gjera deg til eit stort folk! Eg skal sjølv fara med deg dit ned, og eg skal føra deg opp att òg. Og Josef skal leggja att augo dine.» Så tok Jakob ut frå Be’er-Sjeba. Israels-sønene sette faren og borna og konene sine opp i dei vognene farao hadde sendt til å henta han i. Dei tok med seg buskapen sin og godset dei hadde samla i Kanaan. Og så kom dei til Egypt, Jakob og heile hans ætt med han. Sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene, heile si ætt, hadde han med seg til Egypt. Dette er namna på israelittane, Jakob og etterkomarane hans, som kom til Egypt: Ruben, eldste son til Jakob, og sønene til Ruben: Hanok, Pallu, Hesron og Karmi; sønene til Simeon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaanearkvinne; sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari; sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul; sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron; sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jakle’el. Dette var sønene til Lea, dei ho fekk med Jakob i Mesopotamia. Og så fekk ho dottera Dina. I alt var det 33 søner og døtrer. Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli; sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, og så Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel. Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Ho fekk dei med Jakob, og dei var 16 i talet. Sønene til Rakel, kona hans Jakob, var Josef og Benjamin. I Egypt fekk Josef søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. Det var Manasse og Efraim. Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Na’aman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard. Dette var sønene til Rakel, som ho fekk med Jakob. Dei var 14 i talet. Son til Dan: Husjim; sønene til Naftali: Jakse’el, Guni, Jeser og Sjillem. Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Ho fekk dei med Jakob, og dei var 7 i talet. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som var ætta frå han, var 66 i alt, forutan sonekonene hans. Og sønene til Josef, som han fekk i Egypt, var to. Alle som kom til Egypt av Jakobs-ætta, var 70 i talet. Jakob sende Juda føre seg til Josef; han skulle visa veg til Gosen. Då dei kom dit, lét Josef setja føre vogna si og fór til Gosen, til møtes med Israel, far sin. Med det same han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han. Han gret lenge, med armane kring halsen hans. Då sa Israel til Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg har sett deg i andletet og veit at du enno er i live.» Josef sa til brørne sine og til farsfolket sitt: No fer eg til farao og fortel han dette. Eg vil seia til han: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kanaan, har kome hit til meg. Desse mennene er gjætarar, dei har alltid drive med feal. Og no har dei teke med seg småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig. Når så farao kallar dykk til seg og spør: «Kva har de til leveveg?» skal de svara: «Tenarane dine har drive med feal frå ungdomen og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen. For alle gjætarar er ein styggedom for egyptarane. Så gjekk Josef til farao og fortalde dette. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig; no er dei i Gosen.» Og han tok ut fem av brørne sine og leidde dei fram for farao. Då sa farao til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara: «Tenarane dine er gjætarar, vi som fedrane våre. Vi er komne og vil bu ei tid her i landet. Det fanst ikkje beite åt buskapen vår; for det er eit hardt uår i Kanaan. Lat oss difor få bu i Gosen!» Då sa farao til Josef: «Når far din og brørne dine er komne til deg, ligg heile Egypt ope for deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan slå seg ned i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk mellom dei, så set dei til å ha det øvste tilsynet med buskapen min!» Josef henta Jakob, far sin, og førte han fram for farao, og Jakob helsa han. «Kor langt oppi åra er du?» spurde farao. Jakob svara: «I 130 år har eg ferdast ikring i framandt land. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn dei år fedrane mine levde som framande.» Så bad Jakob farvel med farao og gjekk bort frå han. Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei jord i Ramses-bygda, den beste delen av landet, som farao hadde sagt. Og Josef sytte for brød til far sin og brørne sine og heile farsfolket sitt og gav dei etter talet på borna deira. Det fanst ikkje brød i heile landet; for uåret var svært hardt. Både Egypt og Kanaan var reint avmakta av hungersnauda. Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan; han fekk dei for kornet folk kjøpte. Og Josef tok pengane med til huset åt farao. Men då dei ikkje hadde meir pengar i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss brød! Skal vi døy for augo dine berre fordi vi ikkje har meir pengar?» Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar, så skal eg gje dykk brød for feet, om de ikkje har meir pengar.» Då kom dei til Josef med buskapen sin, og han gav dei brød for hestane, småfeet, storfeet og esla. Han heldt dei med brød det året, og for det fekk han heile buskapen deira. Så leid det året, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje dølja for deg, herre, at det er slutt med pengane. Og buskapen vår har du òg fått. No har vi ikkje anna å by deg, herre, enn oss sjølve og jorda vår. Kvifor skal vi gå til grunne for augo dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jordvegen vår for brød, så skal vi med jorda vår vera trælar under farao! Lat oss berre få såkorn, så vi kan berga livet, og jorda ikkje skal øydast!» Så kjøpte Josef all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde jorda si, alle som ein; for hungersnauda kvilte tungt på dei. Og farao kom til å eiga landet. Josef gjorde folket til trælar for farao, frå den eine enden av Egypt til den andre. Berre prestejorda kjøpte han ikkje, for prestane hadde faste inntekter frå farao, og levde av det som han gav dei. Difor selde dei ikkje jorda si. Josef sa til folket: «Sjå, no har eg kjøpt både dykk og jorda dykkar til farao. Her har de korn; så åkrane til! Men av det de haustar, skal de la farao få ein femtepart. Og fire femtepartar skal de ha sjølve til såkorn og til mat for dykk og huslydane og borna dykkar.» Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Vil du berre visa godvilje mot oss, skal vi vera trælar under farao.» Så gjorde Josef det til ei lov, som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha femteparten av avlinga. Berre prestejorda kom ikkje under farao. Israelittane vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der og voks og auka sterkt i tal. Jakob levde 17 år i Egypt, og levetida hans vart 147 år. Då det leid til den tid at Israel skulle døy, kalla han til seg Josef, son sin, og sa til han: «Har du godvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt, og lov meg at du vil vera så god og trufast mot meg at du ikkje gravlegg meg i Egypt! Når eg går til kvile hjå fedrane mine, før meg då bort frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier,» svara Josef. Då sa Jakob: «Gjer eid på det!» Så gjorde han eid på det. Og Israel bøygde seg over hovudgjerda og tilbad. Ei tid etter kom dei til Josef og sa: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim. Og Jakob fekk bod om at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde han seg sterk og sette seg opp i senga. Jakob sa til Josef: Gud Den Allmektige synte seg for meg i Lus i Kanaan. Han velsigna meg og sa til meg: «Eg vil la deg veksa og aukast og gjera deg til ei samling med ætter. Og eg vil gje etterkomarane dine dette landet til eige for alle tider.» Dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit til deg, dei skal no vera mine. Efraim og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon. Men dei borna du sidan har fått, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei kjem til å arva. Då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferda. Det hende i Kanaan, då vi endå hadde eit stykke att til Efrat. Og eg gravla henne der attmed vegen til Efrat – det er Betlehem. Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?» Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!» Men augo hans Israel var dimme av alder; han kunne mest ikkje sjå. Difor leidde Josef gutane bort til han, og han kyste dei og slo armane kring dei. Og Israel sa til Josef: «Eg hadde ikkje trutt eg skulle sjå deg meir, og no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!» Så tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg til jorda for han. Sidan tok Josef begge i handa, Efraim i den høgre, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre, til høgre for Israel, og leidde dei fram til han. Men Israel rette ut høgre handa og la henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste, og venstre handa la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han armane i kross; for Manasse var eldst. Så velsigna han Josef og sa: «Fedrane mine, ¬Abraham og Isak, ferdast for Guds åsyn. Den Gud som var min hyrding frå eg vart fødd til denne dag, engelen som løyste meg ut ¬frå alt vondt, han velsigne gutane: I dei skal namnet mitt ¬leva vidare, og namnet åt Abraham og Isak, ¬fedrane mine. Gjev dei må verta mange ¬i landet!» Då Josef såg at faren la høgre handa på hovudet åt Efraim, mislika han det. Han tok handa åt far sin og ville flytta henne frå hovudet hans Efraim bort på hovudet hans Manasse. «Ikkje så, far!» sa Josef til far sin. «For denne er eldst. Legg høgre handa på hans hovud!» Men det ville ikkje faren. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han òg skal verta til eit folk, han òg skal verta stor. Men bror hans, som er yngre, skal verta større, og hans ætt skal verta til ei mengd med folk.» Så velsigna han dei den dagen og sa: «Når Israel vil velsigna, skal dei nemna dykk og seia: Gud gjere deg ¬som Efraim og Manasse!» Han sette Efraim føre Manasse. Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk attende til landet åt fedrane dykkar. Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine; den har eg teke frå amorittane med sverd og boge.» Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg forkynna dykk kva som skal henda dykk langt fram i tidene: Kom saman og høyr, ¬de Jakobs søner, høyr på Israel, far dykkar! Ruben, min eldste son er du, mi kraft og den fyrste frukt ¬av min manndom; høgst i vørdnad, størst i velde. Du brusar over som vatnet, men du skal ingen føremon ha. For du steig opp i senga ¬åt far din, då vanæra du henne ¬– du låg på mi lege. Simeon og Levi er brør. Valdsvåpen er deira sverd. Eg vil ikkje møta i deira råd, vil ikkje vera med ¬i deira samkomer. For i sinne slo dei menner i hel, og sjølvrådig ¬skamskar dei oksar. Forbanna vere ¬ein harme så strid, eit sinne så veldig som deira! Eg vil sprengja dei sund i Jakob og spreia dei ut over Israel. Juda, deg prisar brørne dine; handa di tek fiendane i nakken, sønene åt far din ¬bøyer seg for deg. Ein løveunge er Juda! Frå rov er du komen heim, ¬son min. Han legg seg ned ¬og strekkjer seg som ei løve, som ei løvemor ¬– kven vågar å vekkja han? Ikkje skal kongespir ¬vika frå Juda eller styrarstaven ¬frå føtene hans, til den rette kongen kjem, han som folka skal lyda. Han bind sitt esel i vintreet, sin fole i den edle ranka. Han vaskar sin klednad i vin, sin kjortel i drueblod. Hans augo er mørkare enn vin, hans tenner kvitare enn mjølk. Sebulon bur ¬utmed havsens kyst, utmed stranda ¬der skutene landar, med ryggen vend mot Sidon. Jissakar er eit sterkbygt esel som ligg mellom kløvkorgene. Han såg at det var godt å kvila, og at landet var fagert. Då bøygde han nakken ¬under børa og vart ein ufri træl. Dan skal døma sitt folk, han som dei andre ¬Israels-ættene. Dan skal vera ein orm på vegen, ein hoggorm attmed stigen; han høgg hesten i hælane, så ryttaren ryk på ryggen. – Eg ventar på di frelse, Herre. Røvarflokkar ryk på Gad, men han driv dei på flòg. Feit er føda hans Asjer, han set fram kongelege retter. Naftali er ei hind ¬som spring fritt; han talar fagre ord. Josef er eit ungt frukttre, eit ungt frukttre attmed kjelda; greinene kliv opp etter muren. Bogeskyttarane eggja han, dei skaut og sette etter han. Men bogen hans er fast og sterk, leduge er hans armar og hender. Han får hjelp ¬av Jakobs Veldige, av han som er hyrdingen, ¬Israels Berg, av Gud åt far din ¬– han hjelpe deg, Gud Den Allmektige ¬– han signe deg med signing ¬frå himmelen der oppe, med signing ¬frå havdjupet der nede, med signing ¬frå bryst og morsliv. Velsigningane åt far din ¬er rikare enn velsigningane ¬frå dei eldgamle fjell, enn herlegdomen ¬åt dei evige høgder. Lat dei koma ¬over Josefs hovud, over krona på han som er hovding ¬mellom sine brør. Benjamin er ein rovhuga ulv. Om morgonen et han ran, om kvelden skifter han ¬hærfang. Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet. Og dette sa far deira til dei då han velsigna dei. Kvar av dei fekk si eiga velsigning. Så sa Jakob til sønene sine: «No fer eg til folket mitt. Gravlegg meg då hjå fedrane mine i hola på jordet åt hetitten Efron. Det er den hola som er på Makpela-jordet, austanfor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron til eigande gravstad. Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. Både jordet og hola der var kjøpte av hetittane.» Då Jakob hadde gjeve desse føresegnene til sønene sine, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og fór til folket sitt. Då kasta Josef seg ned over andletet åt far sin, gret og kyste han. Og Josef bad dei lækjarane han hadde i si teneste, å balsamera faren; og lækjarane balsamerte Israel. Førti dagar gjekk med til det; for så lang tid tek det å balsamera eit lik. Og egyptarane gret over han i sytti dagar. Då syrgjetida var ute, sa Josef til hoff-folket åt farao: «Har de godvilje for meg, så tal mi sak hjå farao og sei: Far min tok ein eid av meg og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg lét grava åt meg i Kanaan. Lat meg difor fara opp og gravleggja far min, og så koma hit att!» Farao sa: «Far berre opp og gravlegg far din, som du har lova han!» Så fór Josef av stad og skulle gravleggja far sin. Og saman med han fór alle mennene åt farao, både dei øvste i huset hans og alle stormennene i Egypt, heile huslyden åt Josef og brørne hans og husfolket åt faren. Berre dei små borna og småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen. Dei hadde med seg vogner og hestfolk i mengd, så det vart eit stort fylgje. Då dei kom til Goren-Ha’atad, på hi sida av Jordan, heldt dei ei stor og verdig syrgjehøgtid der. Josef heldt lik-klage over far sin i sju dagar. Då kanaanearane som budde i landet, såg korleis dei syrgde og klaga i Goren-Ha’atad, sa dei: «Det er ei verdig syrgjehøgtid egyptarane held her.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på hi sida av Jordan. Sønene gjorde med Jakob som han hadde sagt dei føre. Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad. Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han attende til Egypt, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han opp og gravlagt far hans. Då brørne åt Josef såg at far deira var borte, sa dei: «Berre Josef ikkje legg oss for hat og lèt oss bøta for alt det vonde vi har gjort mot han!» Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din bad oss før han døydde, at vi skulle bera fram dette bodet til deg: Kjære, tilgjev brørne dine det brotet og den synda dei gjorde, då dei fór så stygt med deg! Så tilgjev oss no brotet vårt! Vi tener då same Gud som far din.» Josef gret då dei tala såleis til han. Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han. «Her kjem vi og vil vera tenarane dine,» sa dei. Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad? De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode. For han ville gjera det som no har hendt, og berga mange menneske. Ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Såleis trøysta han dei og tala blidt til dei. Josef vart buande i Egypt, både han og farsætta hans. Han vart 110 år gamal. Josef fekk sjå borna hans Efraim i tredje leden. Og borna åt Makir, son til Manasse, vart fødde på knea hans. Josef sa ti brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud vil ta seg av dykk og føra dykk ut or dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jacob.» Så tok Josef ein eid av Israels-sønene og sa: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de føra beina mine med herifrå.» Og Josef døydde 110 år gamal. Dei balsamerte han og la han i kiste i Egypt. Dette er namna på Israels-sønene som kom til Egypt saman med Jakob, kvar med sin huslyd: Ruben, Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon, Benjamin, Dan, Naftali, Gad og Asjer. Dei som ættast frå Jakob, var sytti i talet. Josef var alt i Egypt. Så døydde Josef og alle brørne hans og heile den ættleden. Men Israels-folket voks og auka; det vart så stort og talrikt at det fylte heile landet. Då kom det ein ny konge i Egypt, som ikkje visste noko om Josef. Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi. Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!» Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses. Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei. Dei nøydde israelittane til å træla for seg og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera. Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: «Når de hjelper ei hebrearkone til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, kan ho få leva.» Men jordmødrene hadde age for Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen sa; dei lét gutane leva. Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?» Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; før jordmora kjem, har dei fått barnet.» Då gjorde Gud vel imot jordmødrene. Folket auka og vart svært talrikt. Og fordi jordmødrene hadde age for Gud, gav han dei etterkomarar. Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar son som vert fødd hjå hebrearane, skal de kasta i Nilen; men døtrene skal de la leva!» Ein mann av Levi-ætta gjekk stad og gifte seg med ei jente av same ætta. Kvinna vart med barn og fekk ein son. Ho tykte det var så ven ein gut og løynde han i tre månader. Då kunne ho ikkje halda han løynd lenger. Så fann ho ei kiste av papyrusrøyr til han. Den bredde ho med jordbek og tjøre, og så la ho guten oppi og sette kista i sevet attmed elvekanten. Syster hans stod eit stykke unna og skulle sjå korleis det gjekk med han. Då kom dotter åt farao ned til Nilen og ville lauga seg, medan jentene hennar gjekk att og fram på elvebakken. Ho fekk auga på kista i sevet og sende trælkvinna si etter henne. Så hadde ho opp loket og såg barnet, ein liten gut, som låg og gret. Ho tykte synd i han og sa: «Det er eit av hebrearborna.» Då kom syster hans og sa til dotter åt farao: «Skal eg gå og finna ei hebrearkone som gjev bryst, så ho kan fostra opp barnet for deg?» «Ja, gjer det!» svara kongsdottera. Så gjekk jenta og henta mor til guten. Kongsdottera sa til henne: «Ta denne guten og fostra han opp for meg! Eg skal løna deg for det.» Så tok kona guten og fostra han opp. Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdottera med han, og han vart som ein son for henne. Ho kalla han Moses; «for eg har drege han opp or vatnet,» sa ho. Ei tid etter, då Moses var vaksen vorten, gjekk han ein gong ut til frendane sine og såg korleis dei træla og sleit. Der fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebrear, ein av frendane hans. Moses såg seg vel ikring, og då han ikkje vart var nokon, slo han egyptaren i hel og grov han ned i sanden. Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som heldt på og slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du landsmannen din?» Mannen svara: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? Tenkjer du kanskje å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er det kjent likevel!» Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få drepe Moses. Men han rømde for kongen og slo seg ned i Midjan. Der heldt han til attmed ein brunn. Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og auste opp vatn og fylte trørne, så småfeet åt faren fekk drikka. Men så kom det nokre gjætarar og jaga dei bort. Då reiste Moses seg og hjelpte dei med å brynna småfeet. Då dei kom heim att til Re’uel, far sin, spurde han: «Korleis har det seg at de kjem så tidleg i dag?» Dei svara: «Det kom ein egyptar og hjelpte oss mot gjætarane. Han auste opp vatn for oss og brynnte småfeet.» «Kvar er han så?» spurde faren. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Bed han inn, så han kan få seg mat!» Moses gjekk med på å vera hjå mannen, og han lét Moses få Sippora, dotter si, til kone. Ho fekk ein son, og Moses kalla han Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land,» sa han. Så gjekk det ei lang tid, og kongen i Egypt døydde. Israelittane sukka og klaga under trældomen, og naudropa deira steig opp til Gud. Gud høyrde korleis dei sukka, og kom i hug den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Og Gud såg til israelittane og tok seg av dei. Moses gjætte no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. Så hende det ein gong då han dreiv feet over på den andre sida av øydemarka, at han kom til Horeb, Guds-fjellet. Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp. Då tenkte Moses med seg: «Eg vil bort og sjå dette underfulle synet, at klungeren ikkje brenn opp.» Men då Herren såg at han kom bortåt og ville sjå, ropa han ut or klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa Gud: «Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.» Herren sa: «Eg er Gud åt far din, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andletet; for han våga ikkje å sjå på Gud. Så sa Herren: «Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida. Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane. For no har naudropet frå israelittane nått opp til meg, og eg har sett korleis egyptarane plagar dei. Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!» Men Moses sa til Gud: «Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?» «Ja,» svara han, «for eg vil vera med deg! Og du skal få eit teikn på at det er eg som har sendt deg. Når du har ført folket ut or Egypt, skal de halda gudsteneste på dette fjellet.» Då sa Moses til Gud: «Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?» Då sa Gud til Moses: «Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. ‘Eg Er‘ har sendt meg til dykk.» Så sa Gud til Moses: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt. Gå no og kall saman dei eldste i Israel og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auga med dykk og sett korleis dei fer åt med dykk i Egypt. Difor vil eg fria dykk ut or Egypt, der de lid vondt, og føra dykk opp til landet åt kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, eit land som fløymer med mjølk og honning. Dei kjem til å høyra på det du seier. Og så skal de, du og dei eldste i Israel, gå fram for kongen i Egypt og seia: Herren, Hebrearguden, har møtt oss. Lat oss få lov til å fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud! Men eg veit at egyptarkongen ikkje gjev dykk lov til å fara utan at han får kjenna ei sterk hand over seg. Så vil eg lyfta handa og slå egyptarane med alle dei under som eg vil gjera mellom dei. Då skal han la dykk fara. Og eg vil laga det så at egyptarane får godvilje for dette folket, så de ikkje skal fara tomhendte bort. Kvar kone skal be grannekona si eller den ho bur i lag med, om sølv og gull og klede, og det skal de la sønene og døtrene dykkar ha på seg. Det skal vera hærfanget de tek av egyptarane.» Moses svara: «Dei vil vel ikkje tru meg og ikkje høyra på meg, men seia at Herren ikkje har synt seg for meg.» Då spurde Herren: «Kva er det du har i handa?» «Ein stav,» svara han. «Kast han på jorda!» sa Herren. Så kasta Moses staven på jorda. Då vart han til ein orm, og Moses rømde for ormen. Men Herren sa: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og treiv ormen. Då vart han til ein stav i handa hans. «No må dei vel tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.» Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Så stakk han handa inn på brystet, og då han drog henne ut att, var ho teken av hudsjukdom og såg ut som snø. Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet endå ein gong!» Moses stakk handa inn på brystet att, og då han drog henne ut, var ho like frisk og god som før. Då sa Herren: «Om dei ikkje trur deg og ikkje bryr seg om det fyrste teiknet, så vil dei visseleg tru på det andre. Men trur dei ikkje på noko av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du henta vatn i Nilen og slå det ut over turre marka. Og vatnet som du tek frå Nilen, skal verta til blod på marka.» Men Moses sa til Herren: «Høyr meg, Herre! Eg har aldri vore nokon veltalande mann, korkje før eller no etter at du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.» Då sa Herren: «Kven er det som har gjeve mennesket munn? Kven er det som gjer mållaus eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? Gå no, så skal eg vera med deg når du talar, og læra deg kva du skal seia!» Men han sa: «Å Herre, send ein annan, send kven du vil!» Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad. Han skal du tala til og leggja orda i munnen på. Så skal eg vera med både deg og han når de talar, og læra dykk kva de skal gjera. Han skal tala til folket for deg. Såleis skal han vera munn for deg, og du skal vera som Gud for han. Ta denne staven i handa; den skal du gjera teikna med!» Så gjekk Moses heim att til Jetro, verfar sin, og sa: «No vil eg fara attende til frendane mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Jetro svara: «Far i fred!» Medan Moses var i Midjan, sa Herren til han: «Ta ut og far attende til Egypt! For no er dei borte alle dei som leita etter deg og ville drepa deg.» Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og fór attende til Egypt. Gudsstaven hadde han i handa. Og Herren sa til Moses: «Når du kjem attende til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera eg har gjeve deg makt til, så farao ser på! Men eg vil gjera han hard i hugen, så han ikkje lèt folket fara. Då skal du seia til farao: Så seier Herren: Israel er son min, den eldste av sønene mine. Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tena meg! Men nektar du han å fara, vil eg slå i hel den eldste sonen din.» Medan Moses var på vegen og stogga natta over ein stad, kom Herren imot han og ville drepa han. Då tok Sippora ein kvass stein og skar av førehuda på son sin. Ho kom nær Moses mellom føtene og sa: «Du er meg ein blodbrudgom.» Så lét Herren han vera. Det var omskjeringa ho tenkte på då ho sa blodbrudgom. Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i øydemarka!» Då gjekk han og møtte Moses attmed Guds-fjellet og kyste han. Og Moses kunngjorde for Aron alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera. Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste av israelittane. Aron bar fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna, medan folket såg på. Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde teke seg av israelittane og sett kva vande dei var i, bøygde dei seg til jorda og tilbad. Sidan gjekk Moses og Aron fram for farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan halda høgtid for meg i øydemarka!» «Kven er Herren,» spurde farao, «sidan eg skal lyda han og la folket fara? Eg kjenner ikkje Herren og vil ikkje la Israel fara.» Dei svara: «Hebrearguden har møtt oss. Difor vil vi fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal koma over oss med pest eller sverd.» Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor dreg de folket bort frå det dei har å gjera? Gå til arbeidet dykkar!» Og farao heldt fram: «De ser kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de lokka israelittane til å leggja ned arbeidet sitt!» Same dagen gav farao futane og arbeidsformennene for folket dette påbodet: «Heretter skal de ikkje gje folket halm til mursteinen, som de før har gjort. Dei skal sjølve gå og sanka seg halm. Men de skal krevja like mykje murstein av dei no som før; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei: Vi vil av og ofra til guden vår. Legg tungt arbeid på karane, så dei har nok å gjera og ikkje høyrer på alt lygnsnakket!» Då gjekk futane og arbeidsformennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm lenger. Gå sjølve og finn dykk halm kvar de kan! Men de slepp ikkje med mindre arbeid.» Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka halmstrå til å ha i leira. Men futane dreiv dei og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!» Og arbeidsformennene som futane åt farao hadde sett over israelittane, fekk hogg. Futane sa til dei: «Kvifor har de korkje i går eller i dag gjort ferdig så mykje murstein som de skulle, som før?» Då gjekk arbeidsformennene og klaga til farao og sa: «Kvifor fer du såleis med tenarane dine? Vi får ikkje halm, og likevel seier dei at vi skal laga murstein. Og så får vi hogg, endå det er dine folk som har skulda.» Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Vi vil av og ofra til Herren. Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, men mursteinen skal de koma med, det fastsette talet.» Arbeidsformennene skjøna at dei var ille farne då det vart sagt: «De får ikkje avslag i talet på murstein – fullt dagsverk kvar dag!» Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei. Dei sa til dei: «Gjev Herren må retta augo mot dykk og døma dykk fordi de har gjort farao og tenarane hans hatige på oss. De har gjeve dei sverd i hand til å drepa oss med.» Då vende Moses seg atter til Herren og sa: «Herre, kvifor har du fare så ille med dette folket? Kvifor har du sendt meg? Frå den stund eg gjekk fram for farao og tala i ditt namn, har han gjort vondt mot dette folket, og du har ikkje hjelpt folket ditt.» Då sa Herren til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Med mi sterke hand skal eg tvinga han til å la dei fara, ja, med mi sterke hand skal eg tvinga han til å driva dei ut or landet sitt.» Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren. Eg synte meg for Abraham, Isak og Jakob som Gud Den Allmektige, men namnet Herren gjorde eg ikkje kjent for dei. Og eg gjorde mi pakt med dei og lova dei Kanaan, det landet dei budde i som framande og utlendingar. No har eg høyrt korleis israelittane sukkar fordi egyptarane held dei i trældom, og eg kjem pakta mi i hug. Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet som egyptarane har lagt på dykk, fria dykk frå trældomen og løysa dykk ut med fast arm og med veldige straffedomar. Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. De skal få kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som løyser dykk frå tvangsarbeidet i Egypt. Og eg vil føra dykk til det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob, og det vil eg gje dykk til odel og eige. Eg er Herren.» Dette la Moses fram for israelittane. Men dei høyrde ikkje på han, fordi dei var motlause og laut træla så hardt. Då sa Herren til Moses: «Gå til farao, kongen i Egypt, og sei at han skal la israelittane fara ut or landet!» Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Israelittane høyrer ikkje på meg. Korleis skulle då farao høyra på meg, eg som har så vanskeleg for å tala?» Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulle føra israelittane ut or Egypt. Dette er ættehovdingane deira: Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi. Det er Rubens-ættene. Sønene til Simeon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er Simeons-ættene. Dette er namna på Levi-sønene og ættene deira: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gamal. Sønene til Gersjon, ætt for ætt, var Libni og Sjimi. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gamal. Sønene til Merari var Makli og Musji. Det er Levi-ættene etter ættelista deira. Amram tok Jokebed, syster åt far sin, til kone. Med henne fekk han Aron og Moses. Amram vart 137 år gamal. Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri. Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri. Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Naksjon. Med henne fekk han sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er Korah-ættene. Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Med henne fekk han Pinhas. Dette er hovdingane for huslydane åt levittane, ætt for ætt. Det var til desse mennene, Aron og Moses, Herren sa: «Før israelittane ut or Egypt, flokk for flokk!» Dei var det som tala med farao, kongen i Egypt, om at israelittane skulle førast ut or Egypt; Moses og Aron var det. Den gongen Herren tala til Moses i Egypt, sa han: «Eg er Herren. Tal til farao, kongen i Egypt, alt det eg seier deg!» Men Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Eg har så vanskeleg for å tala. Korleis skulle farao høyra på meg?» Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din. Du skal tala alt det eg seier deg, og Aron, bror din, skal leggja det fram for farao, så han lèt israelittane fara frå landet. Men eg vil gjera han hard i hugen, og mange teikn og under vil eg gjera i Egypt. Farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk, og difor vil eg leggja mi hand på egyptarane og føra hærane mine, Israel, folket mitt, ut or Egypt med veldige straffedomar. Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.» Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses var åtti og Aron åttitre år gamal då dei tala med farao. Herren sa til Moses og Aron: «Når farao bed dykk gjera eit under, då skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han ned framfor farao, så skal han verta til ein orm!» Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som Herren hadde sagt. Aron kasta staven sin ned framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein orm. Då sende farao bod etter vismennene og trollmennene, og så gjorde dei egyptiske spåmennene det same med kunstene sine. Alle kasta dei stavane sine, og dei vart til ormar. Men staven åt Aron slukte stavane deira. Det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei. Då sa Herren til Moses: «Farao er trassig. Han vil ikkje la folket fara. Gå til han i morgon tidleg når han kjem ned til Nilen, og stå på elvebakken, så han møter deg! Staven som vart omskapt til ein orm, skal du ha i handa. Og du skal seia til han: Herren, Hebrearguden, har sendt meg til deg og seier: Lat folket mitt fara, så dei kan halda gudsteneste i øydemarka! Men enno har du ikkje vilja lyda. Så seier Herren: Av dette skal du skjøna at eg er Herren: Sjå, no slår eg på vatnet i Nilen med denne staven som eg har i handa, og så skal det verta til blod. Fisken i Nilen skal døy, og det skal lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje orkar å drikka vatnet.» Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven og rett handa di ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og dammane, over kvar samling av vatn i landet, så skal det verta til blod. Og blod skal det vera i heile Egypt, både i trekjerald og steinkjerald.» Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses lyfte staven og slo på vatnet i Nilen, medan farao og mennene hans såg på. Då vart alt vatnet i elva til blod. Fisken i Nilen døydde, og det lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje kunne drikka vatnet. Det var blod i heile Egypt. Men dei egyptiske spåmennene gjorde det same med kunstene sine. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei. Farao snudde seg og gjekk heim. Han brydde seg ikkje om dette heller. Men alle egyptarane grov rundt ikring Nilen etter vatn; for dei kunne ikkje drikka elvevatnet. Så gjekk det sju dagar etter at Herren hadde gjort vatnet i Nilen til blod. Då sa Herren til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg! Nektar du å la dei fara, skal eg plaga heile landet med frosk. Det skal yrja med frosk i elva. Dei skal kravla opp på land og koma inn i huset ditt, inn i soveromet ditt og opp i senga di, inn i husa åt tenarane dine og til folket ditt, i bakaromnar og trog. Ja, på deg og folket ditt og på alle tenarane dine skal froskane kravla opp.» Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett staven din ut over elvane og kanalane og dammane, og lat froskane koma over Egypt!» Då rette Aron handa ut over vatnet i Egypt, og froskane kom opp og fylte landet. Men spåmennene gjorde det same med kunstene sine; dei òg fekk froskane til å koma over Egypt. Farao sende bod etter Moses og Aron og sa: «Bed til Herren at han må ta froskane bort frå meg og folket mitt! Då skal eg la israelittane fara, så dei kan ofra til Herren.» Moses sa til farao: «Gjer vel og sei kva tid eg skal be for deg og tenarane dine og folket ditt at han må driva froskane bort frå deg og husa dine, så dei ikkje finst andre stader enn i Nilen!» Han svara: «I morgon.» Då sa Moses: «Det skal verta som du vil, og du skal få sanna at det er ingen som Herren vår Gud. Froskane skal kverva bort frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal dei finnast.» Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren for froskane skuld som han hadde ført over farao. Herren gjorde som Moses bad, og froskane døydde i hus og tun og ute på markene. Dei vart kasta saman i haugar, og teven kjendest over heile landet. Men då farao såg at det hadde letna, gjorde han seg hard og ville ikkje høyra på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt. Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det verta til mygg i heile Egypt!» Dei så gjorde. Aron rette ut handa med staven og slo i støvet på jorda. Då kom det mygg både på menneske og dyr. I heile Egypt vart alt støvet på jorda til mygg. Spåmennene prøvde det same med kunstene sine; dei ville få fram mygg, men greidde det ikkje. Og myggen vart sitjande på menneske og dyr. Då sa spåmennene til farao: «Dette er Guds finger.» Men farao gjorde seg hard og høyrde ikkje på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt. Då sa Herren til Moses: «Stig fram for farao i morgon tidleg når han går ned til elva, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg! For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg klegg over deg og mennene dine, folket ditt og husa dine. Det skal verta fullt av klegg i husa åt egyptarane og på jorda deira. Men den dagen gjer eg eit unnatak for Gosen, der folket mitt bur; der skal det ikkje vera klegg. Då skal du sanna at eg, Herren, er i landet. Eg vil gjera skil på mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet henda.» Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom ei mengd med klegg inn i husa åt farao og tenarane hans. Heile Egyptarlandet vart herja av klegg. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gå av og ofra til dykkar Gud her i landet!» Moses svara: «Det kan vi ikkje gjera. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er ein styggedom for egyptarane. Om vi midt for augo på dei ofra slikt som er ein styggedom for dei, ville dei ikkje då steina oss? Vi vil fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, som han har sagt oss.» Då sa farao: «Eg vil la dykk fara, så de kan ofra til Herren dykkar Gud i øydemarka. Men de må ikkje fara langt. Bed for meg!» Moses svara: «Ja, no går eg ut og bed til Herren, og i morgon skal kleggen vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Farao må berre ikkje narra oss meir, men la folket fara, så dei kan ofra til Herren.» Så gjekk Moses ut frå farao og bad til Herren. Og Herren gjorde som Moses bad. Kleggen vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans; ikkje ein vart att. Men farao gjorde seg hard denne gongen òg; han lét ikkje folket fara. Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg! For nektar du å la dei fara, og held du dei att endå lenger, skal Herren leggja si hand på husdyra dine ute på marka, både hestar, esel og kamelar og storfe og småfe, og søkja dei med ein fæl pest. Men Herren skal gjera skil på husdyra åt israelittane og husdyra åt egyptarane; det skal ikkje døy noko av alt det som høyrer israelittane til. Og Herren har fastsett tida: I morgon skal Herren la dette henda i landet.» Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt. Og alle husdyra åt egyptarane døydde, men hjå israelittane døydde det ikkje eit dyr. Då farao sende bod, fekk han vita at ikkje eitt av dyra åt israelittane hadde døytt. Men farao gjorde seg hard og lét ikkje folket fara. Herren sa til Moses og Aron: «Ta hendene fulle med sot frå omnen, og Moses skal kasta det opp i veret så farao ser på! Då skal det verta til støv over heile Egypt, og støvet skal setja svullar som bryt ut med blemmer både på folk og fe i heile Egypt.» Så tok dei sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det opp i veret. Då kom det svullar både på folk og fe. Og spåmennene greidde ikkje møta Moses for svullane skuld. For det kom svullar på spåmennene som på alle andre egyptarar. Men Herren gjorde farao hard i hugen, så han ikkje høyrde på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt til Moses. Så sa Herren til Moses: «I morgon tidleg skal du gå fram for farao og seia til han: Så seier Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg! For denne gongen vil eg senda alle plagene mine over deg og mennene dine og folket ditt, så du kan skjøna at ingen er som eg på heile jorda. Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så de hadde vorte utrudde frå jorda. Men eg har likevel halde deg oppe av di eg ville syna deg makta mi og gjera namnet mitt kjent over heile jorda. Enno står du imot folket mitt og lèt dei ikkje fara. Difor vil eg i morgon på denne tid senda eit fælt haglver, som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart skapt og til no. Send i veg folk og berga buskapen din og alt det du har på marka! Haglet skal falla på alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, og dei skal døy.» Dei av tenarane åt farao som hadde age for Herrens ord, berga då folket sitt og buskapen sin i hus. Men dei som ikkje brydde seg om Herrens ord, lét både folk og buskap vera ute på marka. Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, så skal det koma hagl i heile Egypt, over folk og fe og over kvar plante som veks i Egypt!» Så rette Moses staven sin opp mot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og lyn fór ned på jorda; Herren lét det hagla over Egypt. Haglet kom, og midt i haglflaumen gjekk det lyn i lyn. Aldri hadde det vore slikt uver i Egypt etter at folk busette seg der. Og haglet slo ned alt som ute var i heile Egypt, både folk og fe. Det knekte kvar plante og knuste kvart tre på marka. Men i Gosen, der israelittane budde, kom det ikkje hagl. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har rett, eg og folket mitt har urett. Bed til Herren at han må gjera slutt på toreslåtten og haglet! Så skal eg la dykk fara, og de treng ikkje vera her lenger.» Moses svara: «Så snart eg kjem ut or byen, skal eg lyfta hendene og be til Herren. Då skal tora halda opp og haglet driva av, så du skal skjøna at jorda høyrer Herren til. Men det veit eg at du og tenarane dine enno ikkje har age for Herren Gud.» Både lin og bygg var nedslegne; for bygget stod med aks og linet i blom. Men kveiten og spelten var ikkje nedslegne; for dei vert mogne seinare. Moses gjekk bort frå farao og ut or byen, og han lyfte hendene til Herren. Då heldt tora og haglveret opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir. Men då farao såg at regnet og haglet og tora hadde stogga, heldt han fram med å synda; dei gjorde seg harde, både han og tenarane hans. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Moses: Farao gjorde seg hard og ville ikkje la israelittane fara. Herren sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har forherda han og mennene hans, så eg kan gjera desse teikna mellom dei. Så kan du fortelja son din og soneson din kva eg har gjort mot egyptarane, og kva teikn eg har gjort hjå dei, og de skal skjøna at eg er Herren.» Moses og Aron gjekk til farao og sa til han: «Så seier Herren, Hebrearguden: Kor lenge skal det vara før du bøyer deg for meg? Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg! For nektar du å la folket mitt fara, skal eg i morgon senda grashopper inn over landet ditt. Dei skal breia seg ut over heile landet, så tett at ein ikkje kan sjå marka, og eta opp kvart grann de har att etter haglet. Kvart tre som veks på markene dykkar, skal dei snøya. Dei skal fylla husa for deg og tenarane dine og alle egyptarane. Korkje fedrane eller forfedrane dine har sett noko slikt frå den tid dei slo seg ned i landet, og til denne dag.» Dermed snudde han og gjekk bort frå farao. Då sa tenarane åt farao til han: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene fara, så dei kan tena Herren sin Gud! Skjønar du enno ikkje at Egypt vert øydelagt?» Så henta dei Moses og Aron attende til farao, og han sa til dei: «Gå av stad og ten Herren dykkar Gud! Men kven av dykk skal fara?» Moses svara: «Vi må fara alle, både unge og gamle. Sønene og døtrene våre vil vi ha med oss, og småfeet og storfeet. For vi skal halda høgtid for Herren.» Då sa han til dei: «Herren miskunne dykk, om eg lèt dykk og småborna dykkar fara! Sjå, de har vondt i tankar! Nei, det skal ikkje henda! De mennene kan fara og tena Herren! For det var det de bad om.» Dermed jaga dei dei bort frå farao. Då sa Herren til Moses: «Rett handa di ut over Egypt, så skal grashoppene koma over landet og eta opp all grøda på marka, alt det haglet har spart.» Så rette Moses staven sin ut over Egypt, og Herren sende ein austavind over landet heile den dagen og heile natta. Om morgonen kom austavinden med grashoppene. Dei dreiv inn over heile Egypt i store mengder og slo seg ned overalt i landet. Aldri før hadde det vore ein slik grashoppesverm, og aldri meir skal det koma. Dei la seg ut over heile landet, så tett at markene svartna. Og dei åt opp all grøda på marka og all frukta som var att på trea etter haglveret. Det vart ikkje att noko grønt anten på tre eller planter i heile Egypt. Då skunda farao seg og sende bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk. Men tilgjev meg synda mi denne eine gongen, og bed til Herren dykkar Gud at han må spara meg for denne drepande plaga!» Så gjekk Moses bort frå farao og bad til Herren. Då snudde Herren vinden og lét det blåsa ein sterk vestavind. Den førte grashoppene bort og kasta dei i Sevsjøen. Det vart ikkje att ei einaste grashoppe i heile Egypt. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han lét ikkje israelittane fara. Herren sa til Moses: «Rett handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tjukt at ein kan ta på det!» Så rette Moses handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar. Den eine kunne ikkje sjå den andre, og i tre dagar var det ingen som torde reisa seg frå setet sitt. Men der israelittane budde, var det ljost alle stader. Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå av og hald gudsteneste for Herren! Borna dykkar kan òg få vera med. Men småfeet og storfeet skal vera att.» Moses svara: «Nei, du må la oss få det vi treng til slaktoffer og brennoffer, så vi kan ofra til Herren vår Gud. Buskapen vår må òg vera med, ikkje ei klauv skal vera att; for det er den vi må ta av når vi skal ofra til Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal ofra til Herren før vi kjem fram.» Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han ville ikkje la dei fara. Farao sa til Moses: «Gå frå meg! Akta deg, så du aldri kjem meg for auga meir! For den dagen du stig fram for meg att, skal du døy!» Moses svara: «Det er rett som du seier; eg kjem deg aldri for auga meir.» Herren sa til Moses: «Endå ei plage vil eg føra over farao og Egypt; så skal han la dykk fara. Ja, ikkje berre det, men han skal driva dykk ut herifrå. Sei til folket at kvar mann skal be grannen sin og kvar kvinne grannekona si om prydnadsting av sølv og gull!» Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket. Men så vart òg Moses halden for ein ovstor mann i Egypt, både av mennene åt farao og av folket. Moses sa: «Så seier Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara gjennom Egypt. Då skal det døy, alt som fyrstefødt er i Egypt, frå den eldste sonen åt farao som sit på kongsstolen sin, til den eldste sonen åt trælkvinna som står bak kverna, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen. Og i heile Egyptarlandet skal det lyda eit skrik så fælt at det ikkje har vore maken til det før og heller ikkje skal verta det sidan. Men ikkje ein hund skal gøy mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Såleis skal de skjøna at Herren gjer skil på egyptarane og israelittane. Då skal alle mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og så skal eg fara.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme. Herren sa til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk. Så går det for at eg kan få gjort mange under i Egypt.» Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han lét ikkje israelittane fara frå landet. Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa: Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året. Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd! Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette. Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd. Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt. De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat. Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna. Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren. For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt. Sju dagar skal de eta usyrt brød. Alt den fyrste dagen skal de få surdeigen ut or husa dykkar. Kvar den som et syrt brød mellom den fyrste og den sjuande dagen, skal rydjast ut or Israel. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagane må de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til. De skal halda usyrdebrødshelga; for då førte eg hærane dykkar ut or Egypt. Difor skal de høgtida denne dagen i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig lov. Frå kvelden den fjortande dagen i den fyrste månaden til kvelden den tjuefyrste dagen i same månaden skal de eta usyrt brød. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et syrt brød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er innflyttar eller fødd og fostra i landet. De må ikkje smaka noko som er syrt. I alle heimar skal de eta usyrt brød. Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og henta småfe til huslydane dykkar og slakta påskelammet! Så skal de ta ein isopkvast, duppa han i blodet som er i skåla, og stryka noko av blodet på dørbjelken og dørstolpane. Og ingen av dykk må gå ut gjennom husdøra si før om morgonen. For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa. Dette skal de halda dykk etter. Det skal vera ei lov for deg og etterkomarane dine til evig tid. Når de så kjem inn i det landet Herren etter sin lovnad vil gje dykk, skal de halda denne høgtidsskikken ved lag. Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, skal de svara: Det er påskeoffer til Herren, fordi han fór framom husa åt israelittane i Egypt, då han slo egyptarane med ulukke, men sparte heimane våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. Og israelittane gjekk av og gjorde dette. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei. Så hende det midt på natta at Herren slo i hel alt fyrstefødt i Egypt, frå eldste son åt farao, som sat på kongsstolen, til eldste son åt fangen i fengslet, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen. Då fór farao opp om natta, han og alle mennene hans og alle egyptarane. Og det lydde eit fælt skrik i Egypt; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i. Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gjer dykk ferdige og far ut or riket mitt, både de og israelittane! Gå av og hald den gudstenesta som de har tala om! Ta med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og far bort! Bed så om velsigning for meg òg!» Egyptarane skunda på folket og ville få dei ut or landet i ei bråhast. «Elles døyr vi alle saman,» sa dei. Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var syrt, sveipte bakstetroga inn i kappene sine og bar dei på akslene. Og israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om sølv og gull og klede. Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket og gav dei det dei bad om. På den måten tok dei hærfang av egyptarane. Så tok israelittane ut frå Ramses og fór til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born. Ein stor hop med allslags folk fylgde, og ei svær drift med småfe og storfe. Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei kaker. Han var ikkje syrt, etter som dei vart jaga ut or Egypt og ikkje torde drya der lenger. Difor hadde dei heller ikkje laga seg niste. Israelittane hadde då butt i Egypt i 430 år. Då dei 430 åra var på dagen lidne, tok alle Herrens hærar ut frå Egypt. Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut or Egypt. Difor skal alle israelittar vaka for Herren den natta, i ætt etter ætt. Herren sa til Moses og Aron: «Dette er føresegna om påskelammet: Ingen utlending må eta av det. Kvar træl som er kjøpt for pengar, skal du fyrst omskjera; då kan han eta av det. Ingen framand eller leigekar må eta av det. Lammet skal etast i eitt hus. Du må ikkje ta noko av kjøtet ut or huset, og de skal ikkje bryta bein i det. Så skal heile Israels-lyden gjera. Men når ein innflyttar som bur hjå deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hjå han omskjerast. Då kan han få vera med og halda høgtid. Han er jamgod med dei som er fødde og fostra i landet. Ingen som ikkje er omskoren, skal eta av det. Ei og same lov skal gjelda både for dei som er fødde i landet, og for innflyttarane som bur hjå dykk.» Såleis gjorde alle israelittane. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei. Den same dagen førte Herren israelittane ut or Egypt, flokk etter flokk. Herren sa til Moses: «Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer meg til.» Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egypt, or trælehuset! For med sterk hand leidde Herren dykk ut. Då skal de ikkje eta noko med surdeig i. I dag tek de ut, i abib månad. Når så Herren fører deg inn i landet åt kanaanearane, hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, det som han lova fedrane dine å gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudsteneste på dette viset i denne månaden. I sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren. Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når. Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt. Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt. Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.» Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det, då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til. Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg. Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.» Då farao hadde gjeve folket lov til å fara, førte Gud dei ikkje den vegen som går til Filistarlandet, endå det var den næraste. For han tenkte dei kunne koma til å angra seg når dei møtte ufred, og fara attende til Egypt. Men han laga det så at dei gjorde ein omveg og gjekk gjennom øydemarka mot Sevsjøen. Så fór israelittane stridsbudde ut or Egypt. Og Moses tok beina av Josef med seg. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud gjestar dykk, skal de føra beina mine med dykk herifrå.» Så tok dei ut frå Sukkot og slo leir i Etam, tett attmed øydemarka. Herren gjekk føre dei, om dagen i ein skystolpe som synte dei vegen, og om natta i ein eldstolpe som lyste for dei. På den måten kunne dei fara både dag og natt. Skystolpen kvarv ikkje frå folket om dagen, og eldstolpen ikkje om natta. Sidan sa Herren til Moses: «Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hakirot, midt for Ba’al-Safon, mellom Migdol og havet! Der skal de slå leir nedmed sjøen. Så kjem farao til å tenkja at israelittane har villa seg bort i landet og ikkje finn ut or øydemarka att. Og eg vil gjera han hard i hugen, så han set etter dei. Då skal eg visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» Israelittane gjorde som Herren sa. Men då kongen i Egypt fekk vita at folket hadde rømt, snudde dei om, både han og mennene hans. «Kva er det vi har gjort,» sa dei, «vi som gav Israel fri frå arbeidet?» Så spente han føre vogna si og tok hæren sin med seg. Han tok seks hundre av dei beste vognene og alle dei andre vognene i Egypt, og djerve stridsmenn var det på dei alle. For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, hard i hugen, så han sette etter israelittane, då dei med fast vilje fór frå landet. Egyptarane sette etter dei med alle vognene og hestfolket, ja, heile hæren åt farao, og nådde dei att bortmed Pi-Hakirot, der dei låg i leir nedmed sjøen, midt for Ba’al-Safon. Då farao nærma seg, fekk israelittane sjå at egyptarane kom etter dei. Dei vart livande redde og ropa til Herren. Og dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver i Egypt, sidan du har ført oss hit så vi skal døy i øydemarka? Kvifor har du ført oss bort frå Egypt og gjort dette mot oss? Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred! Vi vil tena egyptarane. Det er betre for oss, det, enn å døy i øydemarka.» Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå berre fast, så skal de få sjå korleis Herren hjelper dykk i dag! For så som de ser egyptarane i dag, skal de aldri sjå dei meir. Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.» Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du på meg? Sei til israelittane at dei skal ta i veg! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over sjøen og kløyva han, så israelittane kan gå midt igjennom sjøen på turre botnen. Men eg vil gjera egyptarane harde i hugen, så dei set etter dykk. Og eg skal visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær, på vognene og hestfolket hans. Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg viser makta mi på farao og vognene og hestfolket hans.» Guds engel, som gjekk føre Israels-hæren, skifte no plass og gjekk etter folket. Skystolpen, som var framfor dei, flytte seg og vart ståande bak dei, så han kom mellom egyptarhæren og Israels-hæren. På den eine sida var skya mørk, og på den andre sida lyste ho opp natta, og hærane kom ikkje innåt kvarandre heile natta. Då rette Moses handa ut over sjøen, og Herren sende ein sterk austavind, som bles heile natta, så vatnet dreiv unna og turre landet kom fram. Vatnet kløyvde seg, og israelittane gjekk tvert igjennom sjøen på turre botnen, medan vatnet stod som ein mur på begge sider. Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og hestfolket åt farao og fylgde dei til midt ut i sjøen. Men tidleg om morgonen såg Herren ned på egyptarhæren frå eld- og skystolpen og skapte redsle og rådløyse mellom dei. Han slo hjula av vognene deira, så det gjekk tungt for dei å koma fram. Då sa egyptarane: «Lat oss røma for israelittane! For Herren strider for dei mot egyptarane.» Og Herren sa til Moses: «Rett handa di ut over sjøen, så skal vatnet fløyma attende over egyptarane, over vognene og hestfolket deira!» Så rette Moses handa ut over sjøen, og då det leid til morgons, kom vatnet veltande attende til det gamle lægjet sitt. Egyptarane rømde beint imot det, og Herren dreiv dei midt ut i sjøen. Vatnet strøymde i hop og skylde over alle vognene og alt hestfolket i farao-hæren, som hadde fylgt etter israelittane ut i sjøen. Ikkje ein kom frå det med livet. Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen, medan vatnet stod som ein mur på begge sider. Såleis berga Herren Israel frå egyptarane den dagen. Og israelittane såg korleis egyptarane låg døde på stranda. Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, fekk dei age for Herren, og dei trudde på han og på Moses, tenaren hans. Då song Moses og israelittane denne lovsongen for Herren: Eg vil lovsyngja Herren, for han er høg og herleg; hest og krigar ¬støytte han i sjøen. Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging. Han er min Gud, ¬han vil eg lova, Gud åt far min, han vil eg prisa. Herren er ein stridsmann, namnet hans er Herren. Vognene og hæren åt farao kasta han i sjøen; i Sevsjøen drukna ¬dei gjævaste kjemper. Vatnet i havdjupet gøymde dei, dei sokk i djupet som stein. Di høgre hand, Herre, ¬er sterk og mektig, di høgre hand ¬knuser fiendar, Herre. I ditt velde slår du ¬dine motstandarar ned; du slepper laus ¬din brennande vreide, og han øyder dei som halm. For din ande ¬tårna vatnet seg opp, bylgjene stod som ein voll, og havsens straumar storkna. Fienden sa: «Eg set etter ¬og når dei att, skifter ut hærfang ¬og stiller min trong ¬på dei. Eg dreg sverdet og rydjar dei ut ¬med mi hand.» Du bles med din ande, og sjøen gøymde dei, dei sokk som bly ¬i det veldige vatnet. Kven er som du ¬mellom gudane, Herre? Kven er som du, ¬så herleg og heilag, skræmeleg i storverk, underfull i gjerning? Du rette ut di høgre hand, då slukte jorda dei. I di miskunn førte du det folket du hadde løyst ut. Du leidde dei med di kraft til din heilage bustad. Folka høyrde det og skalv, angst tok dei ¬som bur i Filistarland. Då vart Edoms hovdingar ¬forfærde, dei mektige i Moab ¬vart gripne av redsle, alle som bur i Kanaan, ¬miste motet. Angst og redsle kom over dei, ved din veldige arm ¬vart dei mållause som stein, medan folket ditt drog fram, ¬Herre, medan folket som du ¬hadde vunne, drog fram. Du førte dei inn og planta dei på fjellet som er din eigedom, på den staden du har gjort ¬til din bustad, Herre, heilagdomen ¬som du har grunnlagt med dine hender, Herre. Herren er konge evig og alltid. Då hestane åt farao fór ut i sjøen med vogner og menn, lét Herren vatnet fløda i hop over dei. Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen. Så tok profetkvinna Mirjam, syster til Aron, ei tromme i handa, og alle kvinnene fylgde etter henne, slo på tromme og dansa. Mirjam song føre: «Lovsyng Herren, for han er høg og herleg! Hest og krigar ¬støytte han i sjøen.» Så førte Moses Israel bort frå Sevsjøen, og dei kom ut i Sjur-øydemarka. Tre dagar drog dei fram gjennom øydemarka utan å finna vatn. Og dei kom til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor heitte staden Mara. Og folket murra mot Moses og sa: «Kva skal vi drikka?» Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart godt. I Mara sette han lov og rett for folket, og der prøvde han dei. Han sa: «Dersom du høyrer på røysta åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, dersom du aktar på boda hans og held alle føresegnene hans, så skal eg spara deg for alle dei sjukdomane som eg la på egyptarane. For eg er Herren, lækjaren din.» Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjelder og sytti palmetre. Og dei slo leir der attmed vatnet. Heile Israels-folket tok ut frå Elim, og den femtande dagen i den andre månaden etter at dei hadde fare frå Egypt, kom dei til Sin-øydemarka, som ligg mellom Elim og Sinai. Medan dei var i øydemarka, tok heile folket til å murra mot Moses og Aron og sa: «Gjev vi hadde fått døy for Herrens hand i Egypt, då vi sat kring kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i villmarka, så heile denne folkemengda skal døy av svolt.» Då sa Herren til Moses: «Eg vil la det regna mat ned over dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Såleis vil eg prøva dei og sjå om dei held seg etter lova mi eller ikkje. Og når dei lagar til det dei har kome heim med sjette dagen, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar om dagen.» Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de skjøna at det er Herren som har ført dykk ut or Egypt. Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom; for han har høyrt korleis de murrar mot han. Men kva er vel vi, sidan de murrar mot oss?» «De skal få sjå det,» sa Moses, «når Herren gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød å metta dykk med i morgon tidleg. For Herren har høyrt korleis de murrar mot han. Kva er vel vi? Det er ikkje mot oss de murrar, men mot Herren.» Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels-folket: Stig fram for Herren! For han har høyrt korleis de murrar.» Så tala Aron til alle israelittane som var samla. Då vende dei seg mot øydemarka, og Herrens herlegdom synte seg i skya. Og Herren sa til Moses: «Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Straks etter soleglad skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød. Og de skal skjøna at eg er Herren dykkar Gud.» Då det så vart kveld, kom det ei slik mengd med vaktlar at dei dekte leiren, og om morgonen låg det dogg rundt ikring leiren. Då dogga kvarv, fekk dei sjå eit fint, kornet lag bortover øydemarka. Det var som fint rim på marka. Då israelittane såg det, sa dei seg imellom: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk til mat. Dette er det påbodet Herren har gjeve: De skal sanka av det så mykje de treng, ein omer til manns. Kvar skal henta til dei som er i teltet hans, etter talet på dei som høyrer han til.» Israelittane gjorde så og sanka, somme mykje, andre lite. Men då dei mælte det i omeren, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko att, og den som hadde sanka lite, leid ingen skort. Alle hadde sanka det dei trong. Moses sa til dei: «Ingen må leiva noko av det til morgons.» Men dei lydde ikkje Moses. Somme av dei lét noko vera att til morgons. Då gjekk det makk i det, og det lukta vondt. Og Moses vart harm på dei. Sidan sanka dei morgon etter morgon, kvar så mykje som han trong. Men når sola tok til å heta, bråna det. Sjette dagen sanka dei dobbelt så mykje brød, to omer til manns. Og alle leiarane i folket kom og fortalde det til Moses. Då sa han til dei: «Det er det Herren har sagt. I morgon er det sabbat, heilag sabbat for Herren. Bak no det de vil, og kok det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja bort og gøyma til i morgon.» Så la dei det bort til om morgonen, som Moses hadde sagt. Då lukta det ikkje vondt, og det kom ikkje makk i det. Og Moses sa: «Et det i dag! For i dag er det sabbat for Herren; i dag finn de ikkje noko på marka. Seks dagar skal de sanka. Men den sjuande dagen er det sabbat; då er det ikkje å finna.» Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka; men dei fann ingen ting. Då sa Herren til Moses: «Kor lenge skal det vara før de vil halda boda og lovene mine? Kom i hug at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor er det at han den sjette dagen gjev dykk mat for to dagar. Hald dykk heime, kvar hjå seg! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.» Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen. Israelittane kalla det manna. Det var kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake. Moses sa: «Dette er det påbodet Herren har gjeve dykk: Fyll ein omer med manna og gøym han til etterkomarane dykkar, så dei kan få sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarka då eg førte dykk ut or Egypt.» Og Moses sa til Aron: «Ta ei krukke, ha opp i henne ein full omer med manna og set det ned for Herrens åsyn! Det skal gøymast til etterkomarane dykkar.» Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses. Han sette krukka ned framfor lovkista; der skulle ho stå. Israelittane åt manna i førti år, til dei kom til land der det budde folk. Manna åt dei heilt til dei kom til grensa mot Kanaan. Ein omer er tiandeparten av ein efa. Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. Difor tretta folket med Moses og sa: «Gjev oss vatn, så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?» Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?» Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!» Herren sa til Moses: «Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren mellom oss eller ikkje?» Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane. Då sa Moses til Josva: «Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.» Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen. Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste. Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde. Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet. Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.» Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt». Og han sa: «Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.» Jetro, presten i Midjan, verfar til Moses, fekk høyra alt det Gud hadde gjort for Moses og for Israel, folket sitt, at Herren hadde ført Israel ut or Egypt. Då tok Jetro, verfar til Moses, med seg Sippora, kona hans, som Moses hadde sendt heim, og dei to sønene hennar. Den eine heitte Gersjom; for Moses hadde sagt: «Eg har vorte innflyttar i framandt land.» Den andre heitte Elieser; for han hadde sagt: «Gud åt far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet åt farao.» Og no kom dei, både Jetro, verfar til Moses, og sønene og kona hans, til Moses i øydemarka, der han hadde leiren sin innmed Guds-fjellet. Han sende bod til Moses og sa: «Eg, Jetro, verfar din, kjem til deg med kona di og dei to sønene hennar.» Då gjekk Moses til møtes med verfar sin, kasta seg ned for han og kyste han. Etter at dei hadde helsa kvarandre, gjekk dei inn i teltet. Og Moses fortalde verfar sin om alt det Herren hadde gjort med farao og egyptarane for Israel skuld, om all den møda dei hadde hatt på ferda, og korleis Herren hadde berga dei. Då gledde Jetro seg over alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei frå egyptarane. Jetro sa: «Lova vere Herren som berga dykk frå farao og egyptarane, han som fria folket frå egyptarveldet! No veit eg at Herren er større enn alle gudar. Det synte han då egyptarane bar seg hovmodig åt mot Israel.» Så tok Jetro, verfar til Moses, brennoffer og slaktoffer og bar fram for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og heldt måltid med han for Guds åsyn. Dagen etter sat Moses og skifte rett mellom folket, og dei stod ikring han frå morgon til kveld. Då verfar hans såg alt det han hadde å gjera for folket, sa han: «Kva er det for arbeid du legg på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømer medan alle står oppover deg frå morgon til kveld?» Moses svara verfar sin: «Folket kjem til meg og vil spørja Gud til råds. Når dei har sak med kvarandre, kjem dei til meg, og så dømer eg mann og mann imellom og kunngjer Guds bod og lover for dei.» Då sa verfar hans til han: «Det er ikkje klokt det du gjer. Du trøyttar ut både deg sjølv og folket som er med deg. Dette er for stridt for deg; du kan ikkje gjera det åleine. Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Stig du fram for Gud for folket og legg sakene deira fram for han! Og prenta inn i dei at dei skal halda boda og lovene, og lær dei den vegen dei skal gå og dei gjerningane dei skal gjera! Vel deg så ut dugande menn av heile folket, menn som har age for Gud, er pålitelege og hatar urett vinning! Set dei til førarar for folket, somme for tusen, somme for hundre, somme for femti og somme for ti! Dei skal skifta rett mellom folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men kvar lita sak skal dei avgjera sjølve. Då lettar du børa for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne. Gjer du det, og vil Gud det så, kan du halda ut, og då kan alt dette folket fara heim i fred.» Moses høyrde på verfar sin og gjorde alt det han sa. Han valde ut dugande menn av heile Israel og sette dei til hovdingar og førarar for folket, somme for tusen, somme for hundre, somme for femti og somme for ti. Og dei skifte rett mellom folket til kvar tid. Kvar vanskeleg sak kom dei til Moses med, og kvar lita sak avgjorde dei sjølve. Så bad Moses farvel med verfar sin, og han fór heim att til landet sitt. Den tredje nymånedagen etter at israelittane hadde fare frå Egypt, kom dei til Sinai-øydemarka. Dit kom dei etter at dei hadde teke ut frå Refidim, og dei slo leir der i villmarka. Israelittane leira seg midt for fjellet, og Moses steig opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs-ætta og kunngjera for Israels-folket: De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg. Vil de no lyda vel etter orda mine og halda pakta mi, så skal de vera min eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Desse orda skal du tala til israelittane.» Då Moses kom ned att, kalla han saman dei eldste i folket og bar fram dei orda Herren hadde sendt han med. Og folket svara, alle som ein: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses attende til Herren. Då sa Herren til Moses: «Eg vil koma til deg i ei tett sky, så folket kan høyra at eg talar med deg, og tru på deg alle dagar.» Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara, sa Herren til han: «Gå til folket og sei at dei skal helga seg i dag og i morgon! Lat dei vaska kleda sine og halda seg ferdige tredje dagen! For då vil Herren stiga ned på Sinai-fjellet medan heile folket ser på. Og du skal merkja av eit område for folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet! Kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy. Ingen må ta si hand i han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det lata livet. Når hornet ljomar, skal dei stiga opp på fjellet.» Så gjekk Moses ned av fjellet til folket og lét dei helga seg, og dei vaska kleda sine. Og han sa til folket: «Tredje dagen skal de halda dykk ferdige. Kom ikkje nær kvinner!» Då det vart morgon tredje dagen, bar det laust med torebrak og lyn. Det la seg ei tung sky over fjellet, og det lydde ein sterk hornlåt. Alle som var i leiren, skalv av redsle. Men Moses førte folket ut or leiren til møtes med Gud, og dei vart ståande nedunder fjellet. Heile Sinai-fjellet stod i røyk, av di Herren hadde kome ned på det i eld. Røyken steig opp som or ein smelteomn, og heile fjellet dirra og skalv. Hornlåten auka og vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara så det kunne høyrast. Då Herren hadde stige ned på Sinai-fjellet, på øvste tinden, kalla han Moses opp på fjelltoppen, og han gjekk opp. Herren sa til Moses: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren og vil sjå! For då kjem mange av dei til å missa livet. Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, så Herren ikkje skal bryta inn mellom dei.» Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje stiga opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Merk av ei grense kring fjellet og lys det heilagt!» Og Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att, du og Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram og stiga opp til Herren, for då bryt han inn mellom dei.» Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei. Gud tala alle desse orda: Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg, men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans. Kom kviledagen i hug, så du held han heilag! Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning. Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag. Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg. Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til. Heile folket høyrde torebraket og hornlåten og såg lyna og fjellet i røyk. Då dei såg og høyrde dette, skalv dei av redsle og heldt seg langt unna. Og dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då døyr vi!» Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud vil prøva dykk, og han vil at de skal ha age for han, så de ikkje syndar. Difor er han komen.» Så vart folket ståande langt borte, medan Moses gjekk innåt mørkeskodda der Gud var. Herren sa til Moses: Så skal du seia til israelittane: De høyrde korleis eg tala til dykk frå himmelen. De skal ikkje laga dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk. Eit altar av jord skal du reisa for meg. På det skal du ofra brennoffera og måltidsoffera dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar stad der eg vil ha namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg. Men vil du laga eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For brukar du meisel på steinane, vanhelgar du dei. Du skal ikkje gå opp til altaret mitt etter ei tropp, så du ikkje skal visa deg naken framfor det. Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane: Når du kjøper ein hebraisk træl, skal han tena seks år. Men i det sjuande året skal han gjevast fri utan vederlag. Er han einsleg når han kjem, skal han fara sin veg einsleg. Er han gift når han kjem, skal kona hans vera med han når han fer. Har han fått ei kone av husbonden sin og får søner eller døtrer med henne, skal kona og borna høyra husbonden hennar til, og han skal fara sin veg åleine. Men seier trælen: «Eg held av husbonden min og kona mi og borna mine, eg vil ikkje vera fri», då skal husbonden føra han fram for Gud og leia han bort til døra eller dørstolpen, og husbonden skal stikka ein syl gjennom øyra hans. Så skal han vera trælen hans all si tid. Når ein mann sel dotter si til trælkvinne, skal ho ikkje gjevast fri liksom trælane. Har husbonden sett henne ut åt seg sjølv og så ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Han har ikkje rett til å selja henne til utlendingar, sidan han har vore trulaus mot henne. Men har han sett henne ut åt son sin, skal han gje henne same retten som døtrer har. Får sonen endå ei kone, skal han ikkje la den fyrste vanta mat, klede eller ekteskapeleg omgang. Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag, utan betaling. Den som slår til ein mann så han døyr, skal lata livet. Men har han ikkje stått mannen etter livet, og er det Gud som har late han falla for hans hand, så skal eg fastsetja ein stad han kan røma til. Når ein mann gjer ein slik udåd at han drep nesten sin med svik, skal du ta han, om det så er frå altaret mitt; han skal døy. Den som slår far sin eller mor si, skal døy. Den som stel eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det finst hjå han. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy. Når to menn trettar, og den eine slår den andre med ein stein eller med neven, så han vert sengeliggjande, men ikkje døyr, då skal gjerningsmannen sleppa straff dersom hin kjem opp att og kan gå ute med stav. Han skal berre halda han skadelaus for den tida han har tapt, og kosta full lækjedom på han. Når ein mann slår trælen sin – eller trælkvinna si – med staven sin så han døyr for hans hand, då skal mannen straffast. Men lever trælen ein dag eller to, skal han ikkje straffast; for trælen er hans eigedom. Når to menn slåst, og dei støyter til ei kvinne som er med barn, så ho misser fosteret, utan at det elles hender noka ulukke, då skal gjerningsmannen svara den skadebota som mannen hennar legg på han, og det skal gjerast hjå domarane. Men hender det ei ulukke, skal du bøta liv for liv, auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot, brannsår for brannsår, sår for sår, flengje for flengje. Når ein mann slår trælen sin eller trælkvinna si i auga og skamfer det, skal han til vederlag for auga gje dei fri. Slår han ut ei tann på trælen sin eller trælkvinna si, skal han til vederlag for tanna gje dei fri. Når ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne, skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast. Men eigaren skal sleppa straff. Men var oksen olm på førehand, og eigaren ikkje såg etter han, endå han hadde vorte åtvara, og han så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy. Vert han ilagd ei bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som dei krev av han. Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal dei fara fram etter same lova. Er det ein træl eller ei trælkvinne oksen stangar, skal eigaren gje husbonden deira tretti sekel sølv, og oksen skal steinast. Når ein mann lèt ein brunn stå open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer over, og ein okse eller eit esel dett nedi, då skal den som eig brunnen, gje vederlag for det; han skal gje pengar til den som åtte dyret, men det daude dyret skal vera hans. Når oksen åt ein mann stangar i hel oksen åt ein annan, skal dei selja den levande oksen og dela pengane, og det daude dyret skal dei òg dela. Men var det kjent at oksen var olm på førehand, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans. Når ein mann stel ein okse eller ein sau og slaktar eller sel dei, skal han til vederlag for oksen gje fem oksar og for sauen fire sauer. Vert ein tjuv teken og slegen i hel medan han bryt seg inn, skal det ikkje reknast for drap. Men går det føre seg etter at sola har runne, er det drap. Ein tjuv skal gje full bot. Eig han ingenting, skal han seljast til vederlag for det han har stole. Vert det stolne dyret funne hjå han, og det enno er levande, skal han bøta dobbelt, anten det er ein okse, eit esel eller ein sau. Når ein mann lèt feet sitt beita på ein åker eller i ein vingard, og han slepper det laus så det kjem til å beita på annan manns åker, då skal han til vederlag gje det beste som veks på åkeren og i vingarden hans. Når det kjem opp lauseld, og det fatar i ein klunger, og korn i stakk eller på rot eller heile åkeren brenn opp, då skal den som var skuld i brannen, gje vederlag. Når ein mann lèt ein annan ta vare på pengar eller eigneluter for seg, og det vert stole frå huset det ligg i, då skal tjuven, så sant han vert funnen, gje dobbelt vederlag. Men vert ikkje tjuven funnen, skal dei føra huseigaren fram for Gud, så det kan avgjerast om han ikkje har rett ut handa si etter det som nesten hans eig. Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er ein okse, eit esel, ein sau eller klede eller eitkvart anna som er bortkome, og éin seier: «Han er det», då skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømer skuldig, skal gje den andre dobbelt vederlag. Når ein mann set bort eit esel, ein okse eller ein sau, eller noko anna dyr, til nesten sin, og det døyr eller kjem til skade eller vert røva, utan at nokon ser det, då skal den andre sverja ved Herren at han ikkje har rett ut handa etter det som nesten hans åtte, og det skal avgjera saka mellom dei to. Den eiden skal eigaren ta for god, og mannen skal ikkje gje vederlag. Men er dyret stole, skal han gje eigaren vederlag. Er det ihelrive, skal han syna det fram til prov. Han skal ikkje gje vederlag for det som er ihelrive. Når ein mann låner eit dyr av ein annan, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren er til stades, skal han gje fullt vederlag. Men er eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigt, skal han likevel ha leiga. Når ein mann forfører ei ung jente som ikkje er trulova, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone. Men vil ikkje faren la han få henne, skal han betala så mange pengar at det svarar til brureprisen for ei ung jente. Ei trollkvinne skal du ikkje la leva. Kvar den som har omgang med fe, skal bøta med livet. Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bannlysast. Du skal ikkje plaga ein innflyttar eller fara hardt fram mot han; for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. De må aldri vera harde mot enkjer og farlause. Er du hard mot dei, og dei ropar til meg, vil eg høyra ropa deira. Då skal vreiden min loga opp, og eg skal slå dykk i hel med sverd, så konene dykkar vert enkjer og borna dykkar farlause. Låner du pengar til ein landsmann, til ein fattig granne, då skal du ikkje vera som ein pengeutlånar mot han. Du skal ikkje krevja rente av han. Tek du kappa åt landsmannen din i pant, skal du la han få henne att før sola glader. For den er det einaste han har til å dekkja seg med; den skal han ha kring kroppen. Kva skal han elles liggja i? Når han ropar til meg, vil eg høyra; for eg er miskunnsam. Gud skal du ikkje spotta, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje forbanna. Det som fyller løa di, og det som dryp frå vinpressa di, må du ikkje halda att. Den fyrstefødde sonen din skal du gje meg. Det same skal du gjera med storfeet og småfeet ditt. Sju dagar skal det vera hjå mora. Den åttande dagen skal du la meg få det. Heilage menneske skal de vera for meg. De skal ikkje eta kjøt av dyr som er ihelrivne på marka, men kasta det til hundane. Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjer ikkje sams sak med ein gudlaus, så du sjølv vert eit urettferdig vitne! Fylg ikkje mengda i det som er vondt! Når du vitnar i ei sak, gjev då ikkje etter for det mengda vil, så du rengjer retten! Om det så gjeld småkårsfolk, skal du ikkje pynta på saka deira. Når du finn ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har vildra seg bort, skal du få dei attende til han. Når du ser at eselet åt uvenen din sig under kløva, må du ikkje tenkja på å gå frå han; du skal hjelpa han med å løysa kløva. Reng ikkje retten for fattigfolk på tinget! Hald deg borte frå ei rang sak, så du ikkje lèt ein rettferdig og skuldlaus mann missa livet! For eg vil ikkje frikjenna den som gjer vondt. Ta ikkje muter! For muter gjer klårsynt mann blind og skader saka for dei som har rett. Du skal ikkje fara hardt fram mot ein innflyttar! For de veit korleis det kjennest å vera innflyttar; de var sjølve innflyttarar i Egypt. Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber. Men det sjuande året skal du la henne liggja og kvila, så dei fattige i folket ditt kan finna noko å leva av. Og det som vert att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vingarden din og oliventrea dine. Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan ha ro og trælkvinnesonen og innflyttaren får kvila ut. Alt det eg har sagt dykk, skal de halda dykk etter. Namnet åt andre gudar må de ikkje nemna. Du må ikkje ta det på tunga. Tre gonger om året skal du halda høgtid for meg. Fyrst er det usyrdebrødshelga. I sju dagar skal du eta usyrt brød, så som eg har sagt deg, på den tid eg har fastsett, i abib månad. For då tok du ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn. Så er det skurdhelga, når du haustar inn den fyrste grøda av det du sådde på åkeren, og hausthelga, når året er ute, og du samlar i hus det du har avla på marka. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren Gud. Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natta over. Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si. Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut. Gjev akt på han og høyr på det han seier! Set deg ikkje opp mot han! Han vil ikkje tola brota dykkar; for namnet mitt er i han. Men høyrer du på det han seier, og gjer alt det eg byd deg, då skal eg vera ein fiende av dine fiendar og ein motstandar av dine motstandarar. For engelen min skal gå føre deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil rydja dei ut. Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei. Men du skal riva ned avgudsbileta og slå sund steinstøttene deira. De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet du et og vatnet du drikk, og sjukdom vil eg halda borte frå deg. Det skal ikkje finnast ei kvinne i landet ditt som føder for tidleg eller ikkje kan få barn. Ditt dagetal skal eg gjera fullt. Redsle for meg skal eg senda føre deg, og støkk skal eg setja i alle dei folka du kjem til; eg skal laga det så at alle fiendane dine rømer for deg. Når eg sender redsle og rådløyse føre deg, skal dei jaga bort hevittane og kanaanearane og hetittane for deg. Eg vil ikkje driva dei ut på eitt år; for då kunne landet øydast og villdyra verta for mange for deg. Litt etter litt vil eg driva dei ut for deg, til du vert så mannsterk at du kan ta landet i eige. Eg skal la landegrensene dine nå frå Sevsjøen til Filistarhavet, frå øydemarka til Eufrat. For dei som bur i landet, vil eg gje i hendene dykkar, og du skal driva dei ut. Du må ikkje gjera pakt med dei og gudane deira. Dei må ikkje verta buande i landet ditt, så dei får lokka deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, vert det til ei snare for deg. Gud sa til Moses: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Og bøy dykk til jorda og tilbed, medan de enno er langt borte! Berre Moses skal gå fram til Herren. Dei andre må ikkje gå fram, og folket får ikkje stiga opp saman med han.» Då Moses kom og bar fram for folket alle Herrens bod og alle lovene, svara dei samrøystes: «Alle dei bod Herren har gjeve oss, vil vi halda.» Så skreiv Moses opp alle dei orda Herren hadde tala. Morgonen etter stod han tidleg opp og bygde eit altar tett attmed fjellet og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ættene. Sidan sende han ut nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren. Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret. Så tok han paktboka og las opp for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt det Herren har sagt.» Då tok Moses blodet, skvette det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.» Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel. Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk. Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp på fjellet til meg og ver her ei stund, så skal eg gje deg steintavlene med lova og boda, som eg har skrive opp til rettleiing for folket!» Då gjekk Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses steig opp på Guds-fjellet. Han sa til dei eldste: «Ver her og venta på oss til vi kjem att! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.» Så steig Moses opp på fjellet. Då la skya seg tett ikring nuten, og Herrens herlegdom kom ned og heldt seg på Sinai-fjellet. Skya gøymde fjellet i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses ut or skya. Herrens herlegdom var å sjå til for israelittane som ein øydande eld på fjelltoppen. Så gjekk Moses inn i skya og steig opp på fjellet, og han var på fjellet i førti dagar og førti netter. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane at dei skal koma med gåver til meg! Av kvar den som kjenner trong til det, skal de ta imot ei gåve til meg. Dette er gåvene som de skal ta imot av dei: gull, sølv og bronse, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lingarn og geiteragg, raudleta verskinn, delfinskinn og akasietre, olje til ljosestaken, balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen, karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken. Og lat dei reisa ein heilagdom åt meg, så skal eg bu midt imellom dei. Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de i alle måtar laga etter det førebiletet eg vil syna deg. Du skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg. Kled henne med reint gull både innvendes og utvendes, og set ein gullkant ikring henne! Støyp fire gullringar og fest dei i dei fire føtene på kista, to på kvar side! Lag så stenger av akasietre, kled dei med gull, og smøy dei inn i ringane på sidene av kista! Desse stengene skal de bera henne med. Dei skal støtt vera i ringane på kista; dei må aldri takast or. I kista skal du leggja lova som eg vil gje deg. Så skal du laga til ein soningsstad; han skal vera av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei. På endane av soningsstaden skal du setja to kjerubar som du har laga av hamra gull, ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Du skal laga dei så at dei går i eitt med endane på soningsstaden. Kjerubane skal halda vengene utbreidde og lyfte, så dei tekkjer over og vernar soningsstaden med vengene sine. Dei skal vera vende mot kvarandre, med andletet ned mot soningsstaden. Så skal du setja soningsstaden opp på kista, og i kista skal du leggja lova som eg vil gje deg. Der vil eg møtast med deg. Alt det eg byd deg å tala til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over lovkista. Du skal laga eit bord av akasietre. Det skal vera to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt. Kled det med reint gull og set ein gullkant på det som går heilt ikring. Så skal du laga ei list på bordet. Ho skal vera brei som ei hand og gå heilt ikring. Rundt lista skal du laga ein gullkant. Lag så fire gullringar og set dei i dei fire hjørna på dei fire føtene! Tett attmed lista skal ringane sitja. Dei skal vera til å smøya berestenger inn i. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast. Sidan skal du laga dei fata og skålene som høyrer bordet til, og kannene og bollane til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei. På bordet skal du støtt leggja fram skodebrød for mitt åsyn. Så skal du laga ein ljosestake av reint gull. Han skal vera hamra arbeid, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane skal gå i eitt med han. Seks armar skal gå ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre. På den eine armen skal det vera tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera skal vera på skap som ein mandelblom. Såleis skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå ljosestaken. På sjølve staken skal det vera fire beger med knuppar og blomar. Dei skal vera på skap som ein mandelblom. Det skal vera ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane skal gå i eitt med staken. Det skal vera ein knupp under kvart par av dei seks armane som går ut frå ljosestaken. Knuppane og armane skal gå i eitt med staken. Heile ljosestaken skal vera eitt einaste stykke hamra arbeid av reint gull. Du skal laga sju lamper til ljosestaken. Dei skal du setja såleis opp at dei kastar ljoset beint fram for staken. Ljosesaksene og pannene som høyrer til, skal vera av reint gull. Ein talent reint gull skal du bruka til ljosestaken og alle desse reiskapane. Sjå til at du gjer arbeidet etter det førebiletet som vart synt deg på fjellet! Heilagdomen skal du laga av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad. Kvar duk skal vera tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane skal halda same målet. Fem av dukane skal skøytast i hop til eitt stykke, og like eins dei andre fem dukane. I kanten av den duken som er ytst på det eine ihopskøytte stykket, skal du laga hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket. Femti hemper skal du laga på den eine duken, og femti hemper i kanten av den som høyrer til det andre stykket. Hempene skal sitja midt for kvarandre. Og du skal laga femti gullkrokar. Med dei skal du hekta dukane saman, så det vert éin teltheilagdom av dei. Du skal veva dukar av geiteragg til tak over teltet. Elleve slike dukar skal du veva. Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal halda same målet. Fem av dukane skal du skøyta i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, som kjem til å liggja over framsida på teltet, skal du leggja dobbelt. I kanten av den duken som er ytst på det eine ihopskøytte stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper. Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Såleis skal du festa dei to stykka til kvarandre, så det vert eitt telttak av dei. Den delen som går av på teltdukane, den halve duken som vert att, skal hanga ned på baksida av heilagdomen. Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar ende, skal hengjast ned etter begge sideveggene til livd for heilagdomen. Over telttaket skal du laga eit dekke av raudleta verskinn, og ovanpå det eit dekke av delfinskinn. Plankane til heilagdomen skal du laga av akasietre. Dei skal reisast på ende. Kvar planke skal vera ti alner lang og halvanna alen brei. På kvar planke skal det vera to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis skal du laga alle plankane i heilagdomen. Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på den sida som vender mot sør. Til dei tjue plankane skal du laga førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke, så dei to tappane kan festast i dei. På den andre sida av heilagdomen, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar med førti fotstykke av sølv, to under kvar planke. Til baksida av heilagdomen, mot vest, skal du laga seks plankar. Og til kvart hjørne på same sida skal du laga to plankar. Dei skal vera doble nedst, og like eins øvst, ned til den fyrste ringen. Så skal dei vera, dei to plankane som skal stå i kvart av dei to hjørna. Såleis vert det åtte plankar og seksten fotstykke av sølv, to til kvar planke. Du skal laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av heilagdomen, fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest. Midtstonga, den som er midt på plankeveggen, skal gå tvert over, frå ende til ende. Plankane skal du kle med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skal smøyast inn i, skal du laga av gull. Tverrstengene skal du òg kle med gull. Så skal du reisa heilagdomen på rett måte, så som det vart synt deg på fjellet. Du skal laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget skal det vevast inn kjerubar i kunstvevnad. Du skal hengja det opp på fire gullkledde akasiestolpar som det er gullhakar på, og som står på fire fotstykke av sølv. Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja lovkista. Forhenget skal vera ein skiljevegg mellom Det heilage og Det høgheilage. På lovkista i Det høgheilage skal du setja soningsstaden. Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken ved sørveggen i heilagdomen, midt for bordet, som skal stå ved nordveggen. Til teltdøra skal du laga eit teppe av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter. Til teppet skal du laga fem akasiestolpar og kle dei med gull. På stolpane skal det vera gullhakar, og du skal støypa fem fotstykke av bronse til dei. Du skal laga eit altar av akasietre. Det skal vera fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt. På kvart av dei fire hjørna skal du laga eit horn, og horna skal gå i eitt med altaret. Du skal kle det med bronse. Så skal du laga fata som den feite oska skal berast bort i, og eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane skal du laga av bronse. Du skal òg laga eit gitter til altaret, eit flettverk av bronse. På flettverket skal du laga fire bronseringar, ein på kvart hjørne. Gitteret skal du setja nedst, under altarlista, så det når midt opp på altaret. Du skal laga stenger til altaret. Dei skal vera av akasietre, og du skal kle dei med bronse. Stengene skal smøyast inn i ringane, så dei sit på begge sider av altaret når det vert bore. Altaret skal du laga av bord, og det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, så skal det gjerast. Du skal laga ein føregard kring heilagdomen. På sørsida av føregarden skal det vera eit omheng av fint, tvinna lingarn. Det skal vera hundre alner langt på denne sida. Til omhenget skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv. Like eins skal det på nordre langsida vera eit omheng som er hundre alner langt. Til det skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv. På den eine tverrsida av føregarden, mot vest, skal det vera eit omheng på femti alner. Til det skal det vera ti stolpar med fotstykke. Den andre tverrsida av føregarden, framsida som vender mot aust, skal vera femti alner. Her skal det vera femten alner omheng på den eine kanten, med tre stolpar og tre fotstykke, og på den andre kanten femten alner omheng med tre stolpar og tre fotstykke. I porten til føregarden skal det vera eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Det skal vera tjue alner langt og vove i mange leter. Til forhenget skal det vera fire stolpar med fotstykke. Alle stolpane kring føregarden skal vera bundne i hop med sølvstenger. Hakane på stolpane skal vera av sølv og fotstykka av bronse. Føregarden skal vera hundre alner lang, femti alner brei og fem alner høg. Omhenget skal vera av fint, tvinna lingarn og fotstykka av bronse. Alle reiskapane som skal brukast til tenesta i heilagdomen, og alle pluggane, både til teltet og føregarden, skal vera av bronse. Sei til israelittane at dei skal gje deg rein olje av knust oliven til ljosestaken, så det kan setjast opp lamper til kvar tid. I møteteltet, utanfor forhenget som er framfor lova, skal Aron og sønene hans stella lampene, så dei kan brenna for Herrens åsyn frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig lov for israelittane i ætt etter ætt. Du skal kalla Aron, bror din, og sønene hans fram or Israels-lyden og setja dei til prestar for meg – Aron og sønene hans, Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. Og du skal laga heilage klede åt Aron, bror din, til ære og prydnad. Sei til alle som skjønar seg på kunst, alle som eg har fylt med kunstnarånd, at dei skal laga den kledebunaden som Aron skal ha på seg når han vert vigd til å vera prest for meg. Desse kleda skal dei laga: brystduk, efod, kappe, rutet kjortel, hue og belte. Det er den heilage kledebunaden som dei skal laga til Aron, bror din, og sønene hans, så dei kan vera prestar for meg. Til det skal dei bruka gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn. Efoden skal dei laga av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Han skal vera i kunstvevnad. Efoden skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held han i hop. Beltet som han skal spennast fast med, skal vevast på same måten som efoden og i eitt med han. Det skal vera av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Du skal ta to karneol-steinar, og på dei skal du grava inn namna åt Israels-sønene, seks namn på den eine steinen, og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen. På same måten som ein ritar inn i stein eller grev inn i eit signet, skal du grava inn namna åt Israels-sønene på desse to steinane. Og du skal setja dei i flettverk av gulltråd. Begge steinane skal du setja på akslebanda åt efoden. Dei skal minna om Israels-sønene. Når Aron står for Herrens åsyn, skal han bera namna deira på begge akslene sine og såleis minna om dei. Du skal laga flettverk av gulltråd og to kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer. Desse kjedene skal du festa til flettverka. Du skal laga ein brystduk til domsavgjerder. Han skal vera i kunstvevnad og vevast på same måten som efoden. Av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn skal du laga han. Brystduken skal vera firkanta og tvilagd, ei spann lang og ei spann brei. Du skal setja fire rader med innfelte steinar på han. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd, i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant, i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst, og i den fjerde rada ein krysolitt, ein karneol og ein jade. Dei skal setjast inn i flettverk av gulltråd. Steinane skal vera tolv i talet, etter namna på Israels-sønene, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ættene vera inngrave liksom på eit signet. Til brystduken skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer. Like eins skal du laga to gullringar til brystduken. Dei skal du setja i kvar sitt hjørne på han. Dei to gullsnorene skal du festa i dei to ringane på hjørna av brystduken. Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to flettverka, og dei skal du setja på akslebanda åt efoden, på framsida. Så skal du laga to gullringar til. Dei skal du setja i dei andre to hjørna av brystduken, på den sida som vender inn mot efoden. Endå to gullringar skal du laga. Dei skal du setja nedst på framsida av dei to akslebanda åt efoden, der dei er feste til efoden, ovanfor beltet. Ringane på brystduken skal bindast til ringane på efoden med ei snor av fiolett ull, så duken kjem til å sitja over beltet og ikkje vert skild frå efoden. Når Aron går inn i heilagdomen, skal han bera namna åt Israels-sønene innmed hjarta sitt på brystduken til domsavgjerder. Såleis skal han alltid minna om dei for Herrens åsyn. I brystduken skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja innmed hjarta åt Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerda for Israels-sønene innmed hjarta sitt for Herrens åsyn. Kappa, som høyrer efoden til, skal du laga heilt igjennom av fiolett ull. Midt på henne skal det vera ei halsopning med ei voven bord ikring, liksom rundt opninga i ei brynje, så ho ikkje skal rivna. Nedst kring kappefalden skal du setja granateple av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, og mellom dei gullbjøller heilt ikring. Fyrst skal det vera ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, og sameleis nedst rundt heile kappefalden. Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste, så det kan høyrast når han går inn i heilagdomen og stig fram for Herrens åsyn, og når han går ut att – så han ikkje skal døy. Du skal laga ei plate av reint gull. I den skal du grava inn som i eit signet: «Helga til Herren.» Du skal festa henne til ei snor av fiolett ull, og ho skal sitja på hua; framme på hua skal ho sitja. Aron skal ha henne over panna si, så han kan bera den synda som heng ved dei heilage offera israelittane vier til Herren, ved alle dei heilage gåvene dei ber fram. Ho skal alltid sitja over panna hans, så gåvene kan vera til hugnad for Herren. Du skal veva ein rutet kjortel av fint lin og laga ei hue av fint lin og eit belte i mange leter. Til Arons-sønene òg skal du laga kjortlar, og du skal laga belte og høge huer til dei, til ære og prydnad. Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, setja dei inn og via dei, så dei kan gjera presteteneste for meg. Lag lerretsbukser til dei! Dei skal løyna den nakne kroppen deira frå hoftene og ned på låra. Dei skal Aron og sønene hans ha på seg når dei går inn i møteteltet eller stig fram til altaret og skal gjera teneste i heilagdomen. Elles fører dei skuld over seg og må døy. Det skal vera ei evig lov for han og etterkomarane hans. Såleis skal du gjera når du vier dei til presteteneste for meg: Du skal ta ein ung okse og to lytelause verar, og så usyrt brød, usyrte kaker med olje i, og usyrte brødleivar, smurde med olje. Alt dette skal du laga av kveitemjøl. Du skal leggja det i ei korg, og så skal du bera det fram i korga og leia fram oksen og dei to verane. Aron og sønene hans skal du kalla bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn. Du skal ta kledebunaden og kle Aron med kjortelen, kappa, efoden og brystduken, binda om han beltet på efoden, setja hua på hovudet hans og festa det heilage diademet på hua. Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han. Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane, spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve. Når du set inn Aron og sønene hans, skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen. Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra. Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten. Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret. Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer. Så skal du ta den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren. Du skal slakta han og ta blodet og skvetta det rundt ikring på altaret. Sjølve veren skal du lema sund. Innvolen og føtene skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet. Du skal brenna heile veren på altaret. Det er eit brennoffer for Herren. Eit eldoffer til godange for Herren er det. Så skal du ta den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren. Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret. Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira. Så skal du ta det feitaste av veren, halen, feittet på innvolen, leverlappen, begge nyrene med talga som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsver. Or korga med usyrt brød som står for Herrens åsyn, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og ein brødleiv. Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det for Herrens åsyn. Du skal ta det or hendene deira og brenna det på altaret saman med brennofferet til godange for Herren. Det er eit eldoffer for Herren. Så skal du ta brystet av vigslingsveren åt Aron og svinga det for Herrens åsyn. Det skal vera din del. Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift av vigslingsveren åt Aron og sønene hans, skal du lysa heilagt. Den retten skal Aron og sønene hans ha hjå israelittane til evig tid. For det er ei gåve, ei gåve som israelittane skal gje av måltidsoffera sine, ei gåve frå dei til Herren. Den heilage kledebunaden åt Aron skal sønene hans arva. Den skal dei ha på seg når dei vert salva og innsette. Den av sønene hans som vert prest etter han, og som skal gå inn i møteteltet og gjera teneste i heilagdomen, skal bera denne bunaden i sju dagar. Du skal ta vigslingsveren og koka kjøtet på ein heilag stad. Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av veren og brødet i korga innmed møteteltdøra. Dei skal eta dette soningsofferet, som vert frambore for dei når dei vert innsette til prestar og vigde. Ingen annan må eta av det; for det er heilagt. Og vert noko av det vigsla kjøtet og av brødet liggjande til morgons, skal du brenna det. Det må ikkje etast, for det er heilagt. Såleis skal du gjera med Aron og sønene hans, heilt og fullt som eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara. Kvar dag skal du ofra ein okse til syndoffer og soning. Du skal reinsa altaret for synd når du gjer soning for det, og du skal salva det, så det vert heilagt. Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det. Då skal altaret vera høgheilagt. Kvar den som kjem nær det, vert heilag. Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad. Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren. Det er det daglege brennofferet som etterkomarane dykkar skal bera fram for Herrens åsyn innmed møteteltdøra, der eg vil møtast med dykk og tala til deg. Der vil eg møta israelittane, og teltet skal helgast av herlegdomen min. Både møteteltet og altaret vil eg helga; og Aron og sønene hans vil eg vigsla, så dei kan vera prestar for meg. Eg vil bu midt imellom israelittane og vera deira Gud. Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut or Egypt og vil bu mellom dei. Eg er Herren deira Gud. Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det. Det skal vera ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det. Kled det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og lag ein gullkant på det heilt ikring. På begge sider skal du setja to gullringar nedanfor kanten. Du skal setja dei på kvar side. Dei skal vera til å smøya stenger inn i, så altaret kan berast. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Altaret skal du setja framfor forhenget som løyner lovkista, framfor soningsstaden som ligg over lova, der eg vil møtast med deg. Og Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han steller lampene, skal han brenna røykjelsen. Det same skal han gjera om kvelden, når han set opp lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens åsyn hjå dykk og etterkomarane dykkar. De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret, og ikkje brennoffer eller grødeoffer; heller ikkje skal de hella ut drikkoffer på det. Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i ætt etter ætt. Det er høgheilagt for Herren. Herren sa til Moses: Når du held manntal over israelittane, skal alle som vert talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så det ikkje kjem ulukke over dei fordi dei vert talde. Kvar den som kjem med i manntalet, skal gje ein halv sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. Denne halve sekelen er ei gåve til Herren. Alle som kjem med i manntalet, så mange som er tjue år eller meir, skal gje ei gåve til Herren. Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sekel når de gjev gåva åt Herren til løysepengar for livet dykkar. Du skal ta imot løysepengane av israelittane og bruka dei til tenesta i møteteltet. Det skal minna Herren om israelittane og vera ein løysepeng for livet dykkar. Herren sa til Moses: Du skal laga eit vaskekar av bronse med fotstykke av bronse. Det skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det. Der skal Aron og sønene hans vaska hendene og føtene. Når dei går inn i møteteltet, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje skal døy, og like eins når dei stig fram til altaret og skal gjera teneste og brenna eldoffer for Herren. Dei skal vaska hender og føter; elles må dei døy. Det skal vera ei evig lov for dei, for Aron og etterkomarane hans, i ætt etter ætt. Herren sa til Moses: Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera. Med den skal du salva møteteltet, paktkista, bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret, brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på. Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag. Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt. Han må ikkje koma på kroppen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan salve som er såleis blanda. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk. Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, skal rydjast ut or folket sitt. Herren sa til Moses: Ta det du treng til røykjelse: balsam, myrraolje, harpiks som luktar sterkt, og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart. Av det skal du laga ein krydda røykjelse, så som salveblandarane gjer det, salta og rein, til heilag bruk. Noko av det skal du knusa smått og leggja framfor lova i møteteltet, der eg vil møtast med deg. Høgheilagt skal det vera for dykk. Røykjelse som er såleis blanda som denne, må de ikkje laga til dykk sjølve; vigsla til Herren skal han vera. Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt. Herren sa til Moses: Eg har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk, så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse, slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag handverksarbeid. Til hjelpesmann har eg gjeve han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta. Og alle som har slike givnader, har eg gjeve evne, så dei kan laga alt det eg har sagt deg: møteteltet, paktkista, soningsstaden over henne og alt som høyrer teltet til, bordet med det som høyrer til, gull-ljosestaken med alt som høyrer til, røykjelsesaltaret, brennofferaltaret med alt som høyrer til, vaskekaret med fotstykke, embetsskrudet og den heilage kledebunaden åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal i eitt og alt gjera som eg har sagt deg. Herren sa til Moses: Sei til israelittane: Sabbatsdagane mine skal de halda; for sabbaten er eit teikn på pakta mellom meg og dykk frå ætt til ætt, så de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk. De skal halda sabbaten; han skal vera heilag for dykk. Den som vanhelgar sabbaten, skal døy. Kvar den som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or folket sitt. Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal vera sabbat, heilag sabbat for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på sabbatsdagen, skal døy. Israelittane skal akta på sabbaten, så dei held han i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig pakt. Han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og israelittane til evig tid. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda, men den sjuande dagen kvilte han og heldt seg i ro. Då Herren var ferdig med å tala til Moses på Sinai-fjellet, gav han honom to lovtavler, steintavler som Gud hadde skrive på med fingeren sin. Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.» Då sa Aron til dei: «Ta gullringane som konene og sønene og døtrene dykkar har i øyro, og kom hit med dei!» Då reiv heile folket gullringane or øyro sine og kom til Aron med dei. Han tok imot gullet, støypte det om og laga det med meisel til ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!» Då Aron såg det, bygde han eit altar for guden og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!» Dagen etter stod folket tidleg opp og bar fram brennoffer og kom med måltidsoffer. Dei sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa. Då sa Herren til Moses: «Gå ned, for folket ditt, som du har ført opp frå Egypt, har bore seg ille åt! Dei har vore snare til å bøya av frå den vegen eg sa dei skulle fylgja. Dei har laga seg ein støypt kalv. Den har dei kasta seg ned for og ofra til og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt.» Og Herren sa til Moses: «Eg har halde auga med dette folket og sett at det er eit stridlyndt folk. Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk.» Då naudbad Moses Herren sin Gud og sa: «Herre, kvifor skal vreiden din loga opp mot folket ditt, som du har ført ut or Egypt med stor kraft og sterk hand? Kvifor skal egyptarane få seia: Det var ikkje i god meining han førte dei ut; han ville drepa dei i fjella og rydja dei ut frå jorda? Lat den brennande vreiden din fara, og gjev opp den tanken du hadde om å føra ulukke over folket ditt! Kom i hug Abraham, Isak og Israel, tenarane dine, og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera ætta dykkar tallaus som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.» Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt. Så gjekk Moses ned att av fjellet med dei to lovtavlene i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og baksida. Tavlene var Guds eige arbeid, og skrifta var Guds eiga skrift, som var rita på dei. Då Josva høyrde korleis folket ropa og ståka, sa han til Moses: «Det lyder hærrop i leiren.» Moses svara: «Dette er ikkje sigerssong og ikkje skrik over nederlag; det er song og ståk eg høyrer.» Då Moses kom ned til leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, vart han så harm at han slengde tavlene mot fjellet og knuste dei. Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strøydde han på vatnet, og det lét han israelittane drikka. Så sa han til Aron: «Kva vondt har dette folket gjort deg, sidan du har ført det opp i så stor ei synd?» «Ver ikkje vreid på meg, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt det er, dette folket. Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt. Då sa eg til dei: Den som har gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Såleis vart denne kalven til.» Moses såg kor ustyrleg folket var; for Aron hadde mist taket på dei, så dei vart til spott for fiendane sine. Då gjekk han fram i porten til leiren og ropa: «Kom hit til meg, alle som høyrer Herren til!» Då flokka heile Levi-ætta seg om han. Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel både brør og vener og frendar!» Levittane gjorde som Moses sa; og den dagen fall det ikring tre tusen mann av folket. Då sa Moses: «I dag lyt de via dykk til å vera prestar for Herren; for ingen sparte son sin eller bror sin. Så skal han i dag gje dykk si velsigning.» Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.» Så gjekk Moses attende til Herren og sa: «Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!» Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi. Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.» Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga. Sidan sa Herren til Moses: «Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det. Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.» Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine. Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!» Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet. Moses tok eit telt og sette det opp utanfor leiren, eit godt stykke ifrå. Han kalla det møteteltet. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren. Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg, stod kvar i si teltdør og såg etter han til han var komen inn. Og når Moses var komen inn i teltet, fór skystolpen ned og vart ståande i teltdøra, og Herren tala til Moses. Når folket såg skystolpen stå i teltdøra, reiste dei seg alle saman og bøygde seg til jorda, kvar i si teltdør. Så tala Herren med Moses, åsyn til åsyn, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til leiren. Men tenaren hans, ein unggut som heitte Josva Nunsson, heldt seg støtt i teltet. Moses sa til Herren: «Du seier at eg skal føra dette folket opp. Men eg får ikkje vita kven du vil senda med meg, endå du har sagt at du kjenner meg vel og har godvilje for meg. Er det så at du har godvilje for meg, så syn meg vegane dine, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hjå deg. Kom i hug at dette er ditt eige folk!» Då sa Herren: «Sjølv skal eg gå med, og eg skal føra deg til ro.» Moses svara: «Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå! Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?» Då sa Herren til Moses: «Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.» «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses. Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar. Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.» Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.» Herren sa til Moses: «Hogg deg ut to steintavler like eins som dei fyrste! Så skal eg skriva på dei det same som stod på dei fyrste tavlene, dei du slo sund. Hald deg ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga opp på Sinai-fjellet og venta på meg på fjelltoppen. Ingen må vera med deg opp, og ingen må syna seg på heile fjellet. Heller ikkje må småfe eller storfe beita bort imot fjellet.» Så hogg Moses ut to steintavler like eins som dei fyrste. Dagen etter stod han tidleg opp og gjekk opp på Sinai-fjellet, som Herren hadde sagt, og han hadde begge steintavlene med seg. Då steig Herren ned i ei sky og gjekk bort til Moses. Og han ropa Herrens namn. Herren gjekk framom beint for augo hans og ropa: «Herren, Herren er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning! Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden.» Då fall Moses straks på kne, bøygde seg til jorda og tilbad. Og han sa: «Herre, dersom du har godvilje for meg, så gå med oss, Herre! Dette er eit stridlyndt folk. Men du vil tilgje misgjerningane og syndene våre og gjera oss til din eigedom.» Då sa Herren: Ja, eg vil gjera ei pakt. Midt for augo på heile folket ditt vil eg gjera slike under som det ikkje har vore maken til på heile jorda eller hjå noko folkeslag. Heile det folket du lever imellom, skal sjå kor ageleg det er, det verket som eg, Herren, gjer for deg. Gjev akt på det eg byd deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. Ta deg i vare så du ikkje gjer pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje skal verta ei snare for dykk. De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene deira og hogga ned Asjera-pålane deira. Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Den Strenge, og ein streng Gud er han. Gjer ikkje pakt med dei som bur i landet! For dei driv avgudsdyrking og ofrar til gudane sine, og når dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira. Du vil ta koner til sønene dine mellom døtrene deira, og døtrene deira vil halda seg til gudane sine og få sønene dine til å falla frå og dyrka gudane deira. Støypte gudebilete skal du ikkje laga deg. Usyrdebrødshelga skal du halda. Sju dagar skal du eta usyrt brød, som eg har sagt deg, til fastsett tid, i abib månad. For i abib månad tok du ut frå Egypt. Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, anten det er storfe eller småfe. Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn. Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Om det så er i våronna eller haustonna, skal du kvila den dagen. Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten, og hausthelga når året er ute. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren, Israels Gud. For eg vil driva ut dei andre folka for deg og gjera grensene dine vide, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer opp og stig fram for Herren din Gud, tre gonger om året. Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og påskefestofferet må ikkje verta liggjande til om morgonen. Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si. Herren sa til Moses: «Skriv opp desse boda! For etter dei gjer eg ei pakt med deg og Israel.» Moses var hjå Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og Herren skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene. Så gjekk Moses ned av Sinai-fjellet med dei to lovtavlene i handa. Då han kom ned, stråla og skein det av andletet hans, av di Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje. Aron og israelittane såg at det skein av andletet hans, og dei torde ikkje gå bort til han. Då ropa Moses på dei, og så kom Aron og alle leiarane i Israels-lyden til han, og han tala med dei. Sidan kom alle israelittane bortåt, og Moses bar fram alle dei bod Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet. Då Moses var ferdig med å tala til dei, la han eit slør over andletet sitt. Men kvar gong han gjekk fram for Herren og tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane det han var føresagd. Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulle inn og tala med Herren. Moses kalla saman heile Israels-lyden og sa til dei: Dette er det som Herren har sagt at de skal gjera: Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal de halda sabbat, heilag sabbat for Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet. Ingen av dykk må kveikja opp eld i huset sitt på sabbatsdagen. Moses tala til heile Israels-lyden: Dette påbodet har Herren gjeve: Ta ut ei gåve til Herren av det som de eig! Alle som gjer det av eit viljug hjarta, skal koma til Herren med gåva: gull, sølv og bronse, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg, raudleta verskinn, delfinskinn og akasietre, olje til ljosestaken, balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen, karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken. Alle dei av dykk som har givnad for kunst og handverk, skal koma og laga alt det som Herren har sagt: heilagdomen, både teltet og taket, med krokar og plankar, tverrstenger, stolpar og fotstykke, paktkista med stenger, soningsstaden og forhengsteppet, bordet med stengene og alt som høyrer til, og skodebrøda, ljosestaken med det som høyrer til, og lampene og oljen til ljosestaken, røykjelsesaltaret med stenger, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen og teppet framfor døra som fører inn i heilagdomen, brennofferaltaret med bronsegitteret, stengene og alt som høyrer til, vaskekaret med fotstykke, omhenga til føregarden med stolpar og fotstykke, teppet til føregardsporten, pluggane og snorene til heilagdomen og føregarden, embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage kledebunaden åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta. Så gjekk heile Israels-lyden bort frå Moses. Sidan kom dei, alle som kjende seg drivne til det, alle som kjende trong til det, og bar fram gåver for Herren til arbeidet på møteteltet og til all tenesta der og til dei heilage kleda. Dei kom, både menn og kvinner, alle som gjerne ville ofra, med spenner, øyreringar, fingerringar og halskjeder, alle slag saker av gull. Alle kom dei med den gåva av gull som dei ville via til Herren. Og alle som hadde fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg, raudleta verskinn og delfinskinn, kom med det. Alle som ville gje ei gåve av sølv eller bronse, kom med gåva til Herren, og alle som hadde akasietre, kom med det til alt byggjearbeidet. Alle kvinner som skjøna seg på spinning, tok fatt og kom med det dei hadde spunne: fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn. Og alle kvinner som hadde evner til det og kjende seg drivne til det, spann geiteragget. Leiarane bar fram karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken, og balsam og olje til ljosestaken, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen. Kvar mann og kvinne mellom israelittane som kjende trong til å gje noko til det store arbeidet som Herren gjennom Moses hadde sett dei til å gjera, dei kom med det, ei friviljug gåve til Herren. Moses sa til israelittane: Herren har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk, så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse, slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk. Gåve til å læra frå seg har Herren gjeve både han og Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta. Han har rusta dei ut med evne til å gjera alle slag treskurd, kunstvevnad, mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn, og vanleg vevnad. Dei skal tenkja ut og laga alle slag kunstverk. Dei som skal gjera arbeidet, er Besalel og Oholiab og alle dei menn som har givnad for det, som Herren har gjeve evner og skjøn, så dei forstår seg på alt det arbeidet som må til når heilagdomen skal reisast, heilt og fullt som Herren har sagt. Moses kalla Besalel og Oholiab og alle dei andre mennene som Herren hadde gjeve slike evner, og som kjende seg drivne til det, til å ta fatt på verket og fullføra det. Av Moses fekk dei alle dei gåvene som israelittane hadde gjeve til arbeidet med å reisa og fullføra heilagdomen. Men folket kom framleis til han med friviljuge gåver kvar morgon. Då kom alle handverkarane som gjorde ymse slag arbeid på heilagdomen, kvar frå det arbeidet han heldt på med, og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn vi treng til det arbeidet Herren vil ha gjort.» Moses baud då at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, anten det er mann eller kvinne, skal koma med fleire gåver til arbeidet på heilagdomen.» Då kom ikkje folket med meir. Det dei hadde gjeve, var meir enn nok til å få arbeidet gjort. Alle handverkarane tok til å arbeida på heilagdomen. Dei laga han av ti teltdukar av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane var det innvove kjerubar i kunstvevnad. Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane heldt same målet. Fem av dukane skøytte dei i hop, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane. I kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket. Femti hemper sette dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat midt for kvarandre. Og dei laga femti gullkrokar. Med dei hekta dei begge dukane saman, så det vart éin teltheilagdom av dei. Dei vov dukar av geiteragg til tak over teltet. Elleve slike dukar vov dei. Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane heldt same målet. Fem av dukane skøytte dei i hop for seg, og seks for seg. I kanten av den ytste duken på det eine stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper. Og dei laga femti bronsekrokar og feste dei to stykka saman, så det vart eitt telttak av dei. Sidan laga dei eit dekke av raudleta verskinn til å leggja over telttaket og eit dekke av delfinskinn til å leggja ovanpå det att. Plankane til heilagdomen laga dei av akasietre. Dei reiste dei på ende. Kvar planke var ti alner lang og halvanna alen brei. På kvar planke var det to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis laga dei alle plankane i heilagdomen. Tjue av dei plankane som vart laga til heilagdomen, reiste dei på den sida som vender mot sør. Til dei tjue plankane laga dei førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke, så dei to tappane kunne festast i dei. På den andre sida av heilagdomen, på nordsida, laga dei òg tjue plankar med førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke. Til baksida av heilagdomen, mot vest, laga dei seks plankar. Og til kvart hjørne på same sida laga dei to plankar. Dei var doble nedst, og like eins øvst, ned til den fyrste ringen. Såleis laga dei plankane i dei to hjørna. Det vart åtte plankar med fotstykke av sølv, seksten fotstykke, to til kvar planke. Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av heilagdomen, fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest. Midtstonga sette dei såleis at ho gjekk tvert over, frå ende til ende, midt på plankeveggen. Plankane kledde dei med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skulle smøyast inn i, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull. Dei laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget vov dei inn kjerubar i kunstvevnad. Dei laga fire akasiestolpar til å hengja det på og kledde dei med gull; hakane på dei var av gull. Og dei støypte fire fotstykke av sølv til dei. Til teltdøra laga dei eit teppe av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter. Til teppet laga dei fem stolpar med hakar. Stolpehovuda og stengene kledde dei med gull. Dei fem fotstykka var av bronse. Besalel laga paktkista av akasietre. Ho var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg. Han kledde henne med reint gull både innvendes og utvendes og sette ein gullkant ikring henne. Han støypte fire gullringar til dei fire føtene på kista, to på kvar side. Så laga han stenger av akasietre, kledde dei med gull og smøygde dei inn i ringane på sidene av kista, så ho kunne berast. Han laga til soningsstaden, som var av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei. På endane av soningsstaden sette han to kjerubar som han hadde laga av hamra gull, ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Han laga dei så at dei gjekk i eitt med endane på soningsstaden. Kjerubane heldt vengene utbreidde og lyfte, så dei tekte over og verna soningsstaden med vengene sine. Dei var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden. Bordet laga han av akasietre. Det var to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt. Han kledde det med reint gull og sette på det ein gullkant som gjekk heilt rundt. Til bordet laga han ei list. Ho var brei som ei hand og gjekk heilt ikring. Rundt lista laga han ein gullkant. Han støypte fire gullringar til bordet og feste dei i dei fire hjørna på dei fire føtene. Tett attmed lista sat ringane. Dei var til å smøya berestenger inn i. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast. Av reint gull laga han dei kara som skulle stå på bordet, fata og skålene, og dei bollane og kannene som skulle brukast til drikkofferet. Ljosestaken laga han av reint gull. Hamra arbeid var det, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane gjekk i eitt med han. Seks armar gjekk ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre. På den eine armen var det tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera var på skap som ein mandelblom. Såleis var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken. På sjølve staken var det fire beger med knuppar og blomar. Dei var på skap som ein mandelblom. Det var ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane gjekk i eitt med staken. Det var ein knupp under kvart par av dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken. Knuppane og armane gjekk i eitt med staken. Heile ljosestaken var eitt einaste stykke hamra arbeid og av reint gull. Han laga dei sju lampene til ljosestaken og ljosesaksene og pannene av reint gull. Ein talent reint gull bruka han til ljosestaken og alle dei reiskapane som høyrde til. Røykjelsesaltaret laga han av akasietre. Det var ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det. Han kledde det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og laga ein gullkant på det heilt ikring. På begge sidene sette han to gullringar nedanfor kanten, to på kvar side. Dei skulle vera til å smøya stenger inn i, så altaret kunne berast. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen, så som salveblandarane gjer det. Brennofferaltaret laga han av akasietre. Det var fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt. På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse. Så laga han alle dei reiskapane som høyrde altaret til, fata, eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane laga han av bronse. Han laga òg eit fletta gitter av bronse til altaret og sette det nedst, under altarlista, så det nådde midt opp på altaret. Og han støypte fire ringar til dei fire hjørna av bronsegitteret til å smøya stenger inn i. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse. Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt. Han laga vaskekaret og fotstykket av bronse. Til det bruka han speglane åt dei kvinnene som gjorde teneste innmed møteteltdøra. Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv. På nordsida laga han òg omheng, i ei lengd av hundre alner. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv. På vestsida laga han omheng på femti alner. Til dei var det ti stolpar med fotstykke. Hakane på stolpane og stengene var av sølv. Framsida som vender mot aust, var femti alner. Der laga han femten alner omheng på den eine kanten, med tre stolpar og tre fotstykke, og på den andre kanten femten alner, med tre stolpar og tre fotstykke. Det var likt på begge sider av porten inn til føregarden. Alle omhenga kring føregarden var av fint, tvinna lingarn. Fotstykka til stolpane var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og stolpehovuda var kledde med sølv. Alle stolpane i føregarden var bundne i hop med sølvstenger. Teppet til føregardsporten var av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter. Det var tjue alner langt og fem alner høgt etter breidda på veven, liksom omhenga kring føregarden. Til forhenget var det fire stolpar med fotstykke av bronse. Hakane var av sølv. Stolpehovuda var kledde med sølv, og stengene som høyrde til, var av sølv. Alle pluggane til teltet og føregarden, heilt rundt, var av bronse. Her er rekneskapen for heilagdomen, bustaden åt lova. Moses baud levittane setja han opp, og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med arbeidet. Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta, hadde gjort alt det som Herren hadde sagt til Moses, og saman med han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta, som var ein meister i utskjering, kunstvevnad og mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn. Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, og som var gjeve i offergåve, var 29 talentar og 730 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal over lyden, var 100 talentar og 1 775 sekel etter heilag vekt, ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar einskild som kom med i manntalet, frå tjueårsalderen og oppetter, og det var 603 550 mann. Dei hundre talentane med sølv vart bruka til å støypa fotstykka til heilagdomen og til forhenget, hundre talentar til hundre fotstykke, ein talent til kvart fotstykke. Og dei 1 775 sekel bruka dei til hakane på stolpane, til å kle stolpehovuda og til stengene som skulle binda stolpane i hop. Bronsen som vart gjeven i offergåve, var 70 talentar og 2 400 sekel. Av den laga dei fotstykka til møteteltdøra og bronsealtaret med bronsegitteret som høyrde til, og alle reiskapane til altaret, fotstykka som skulle vera kring føregarden, føregardsporten, alle pluggane til teltet og alle pluggane til føregarden, heilt rundt. Av den fiolette, purpurraude og karmosinraude ulla laga dei embetsskrudet til tenesta i heilagdomen. Dei laga dei heilage kleda til Aron, så som Herren hadde sagt Moses føre. Efoden laga dei av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Gullet hamra dei ut i plater og skar det opp til tråd, så det kunne vevast inn i det fiolette, purpurraude og karmosinraude ullgarnet og i det fine lingarnet, med kunstvevnad. Til efoden laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt han i hop. Beltet som han skulle spennast fast med, vov dei på same måten som efoden, og i eitt med han. Det var av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, så som Herren hadde sagt Moses føre. Dei sette karneol-steinane inn i flettverk av gulltråd. På dei var namna åt Israels-sønene inngravne liksom på eit signet. Dei sette dei på akslebanda åt efoden, så dei skulle minna Herren om Israels-sønene, så som han hadde sagt Moses føre. Dei laga brystduken i kunstvevnad, på same måten som efoden. Han var av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Brystduken var firkanta og tvilagd. Han var ei spann lang, ei spann brei og lagd dobbelt. Dei sette fire rader med steinar på han. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd, i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant, i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst, og i den fjerde rada ein krysolitt, ein karneol og ein jade. Dei vart sette inn i flettverk av gulltråd. Steinane var tolv i talet, etter namna åt Israels-sønene, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ei av dei tolv ættene inngrave liksom på eit signet. Til brystduken laga dei kjeder av reint gull. Dei var tvinna som ein tvinnar snorer. Like eins laga dei to flettverk av gulltråd og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvar sitt hjørne av brystduken. Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane som sat i hjørna på duken. Dei andre to endane av gullsnorene feste dei i dei to flettverka, og flettverka sette dei på akslebanda åt efoden, på framsida. Så laga dei to gullringar til og sette dei i dei andre to hjørna på brystduken, på den sida som vender inn mot efoden. Endå to gullringar laga dei og sette dei nedst på framsida av dei to akslebanda åt efoden, der dei var feste til efoden, ovanfor beltet. Ringane på brystduken batt dei til ringane på efoden med ei snor av fiolett ull, så duken kom til å sitja ovanfor beltet og ikkje var skild frå efoden. Dei gjorde alt så som Herren hadde sagt Moses føre. Kappa som høyrer efoden til, laga dei heilt igjennom av fiolett ull. Ho var voven. Midt på kappa var det ei halsopning som i ei brynje, og rundt opninga ei bord, så ho ikkje skulle rivna. Nedst kring kappekanten sette dei granateple av tvinna fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn. Så laga dei bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla på kappefalden heilt ikring, fyrst ei bjølle og eit granateple, så ei bjølle og eit granateple, og like eins rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i gudstenesta, så som Herren hadde sagt Moses føre. Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlane som var vovne av fint lin, og huene og turbanane til å binda om hovudet, av fint lin, lerretsbuksene av fint, tvinna lingarn, beltet som var vove i mange leter, av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, så som Herren hadde sagt Moses føre. Dei laga panneplata, det heilage diademet, av reint gull. I den grov dei inn som i eit signet: «Helga til Herren». Dei sette ei snor av fiolett ull i plata og feste henne oppe på hua, så som Herren hadde sagt Moses føre. Såleis vart det fullført, alt arbeidet med den heilage bustaden, med møteteltet. Israelittane gjorde det i eitt og alt så som Herren hadde sagt Moses føre. Og dei gav heilagdomen over til Moses: teltet med alt som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, stolpane, fotstykka, dekket av raudleta verskinn, dekket av delfinskinn, forhengsteppet, lovkista med stengene, soningsstaden, bordet med alt som høyrde til, skodebrøda, ljosestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til ljosestaken, det gullkledde altaret, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen, teppet til teltdøra, bronsealtaret med bronsegitteret, stengene og alt som høyrde til, vaskekaret med fotstykke, omhenga til føregarden med stolpar og fotstykke, teppet til føregardsporten, snorene, pluggane, alle reiskapane som skulle brukast til tenesta i heilagdomen, i møteteltet, embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, dei heilage kleda åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta. Som Herren hadde sagt Moses føre, heiltopp såleis gjorde israelittane alt arbeidet. Og Moses såg på alt det som var gjort, og sjå, no var det fullført. Som Herren hadde sagt, så hadde dei gjort det. Og Moses velsigna dei. Herren sa til Moses: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa den heilage bustaden, møteteltet. Der skal du setja lovkista og hengja forhenget framfor kista. Du skal setja inn bordet, og på det skal du leggja det som der skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken og setja opp lampene på han. Det gullkledde røykjelsesaltaret skal du setja framfor lovkista og hengja opp teppet for døra til heilagdomen. Brennofferaltaret skal du setja framfor døra til den heilage bustaden, til møteteltet. Vaskekaret skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det. Så skal du setja opp føregarden rundt ikring og hengja opp teppet i føregardsporten. Sidan skal du ta salvingsoljen og salva heilagdomen og alt som er i han, og vigsla både teltet og alt som høyrer til der, så det vert heilagt. Du skal salva brennofferaltaret og alt som høyrer til, og vigsla altaret, så det vert høgheilagt. Og du skal salva vaskekaret og fotstykket og vigsla det. Så skal du føra Aron og sønene hans bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn. Og du skal kle Aron i den heilage kledebunaden, salva han og vigsla han, og så skal han vera prest for meg. Sønene hans skal du òg føra fram og kle i kjortlar. Du skal salva dei, liksom du salva far deira, og så skal dei vera prestar for meg. Denne salvinga skal gje dei retten til prestedømet, i ætt etter ætt, for alle tider. Moses gjorde så; han gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt han føre. Den fyrste månaden i det andre året, den fyrste dagen i månaden, vart heilagdomen reist. Det var Moses som reiste heilagdomen. Han la ned fotstykka og reiste plankane, la inn tverrstengene og sette opp stolpane. Han breidde taket ut over teltheilagdomen, og ovanpå det la han dekket, så som Herren hadde sagt han føre. Så tok Moses lova og la henne i paktkista, sette stengene i og sette soningsstaden oppå kista. Han sette lovkista inn i heilagdomen og hengde opp forhengsteppet framfor henne, så som Herren hadde sagt han føre. Han sette bordet inn i møteteltet, ved nordveggen i heilagdomen, utanfor forhenget, og la brøda i rad på det for Herrens åsyn, så som Herren hadde sagt han føre. Midt for bordet sette han ljosestaken, ved sørveggen i heilagdomen, og han sette opp lampene for Herrens åsyn, så som Herren hadde sagt han føre. Det gullkledde altaret sette han òg i møteteltet, framfor forhenget, og brende velluktande røykjelse på det, som Herren hadde sagt han føre. Så hengde Moses opp teppet for døra til heilagdomen, sette brennofferaltaret attmed døra til den heilage bustaden, til møteteltet, og ofra brennoffer og grødeoffer på det, som Herren hadde sagt han føre. Vaskekaret sette han mellom møteteltet og altaret og hadde vatn i det til å vaska seg med. I det vaska Moses og Aron og sønene hans hender og føter. Når dei skulle gå inn i møteteltet og stiga fram for altaret, vaska dei seg, som Herren hadde sagt Moses føre. Så sette han opp føregarden kring heilagdomen og altaret og hengde opp teppet i føregardsporten. Såleis fullførte Moses verket. Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. Kvar gong skya lyfte seg frå heilagdomen, tok israelittane ut. Såleis gjorde dei på heile ferda. Men når skya ikkje lyfte seg, heldt dei seg i ro til ho lyfte seg att. For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte. Herren ropa på Moses og tala til han frå møteteltet: Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon av dykk vil bera fram for Herren eit offer av buskapen, kan de ta offeret anten av storfeet eller av småfeet. Er det eit brennoffer av storfeet han vil gje, skal det vera ein okse som er utan lyte. Han skal leia dyret fram til møteteltdøra, så Herren kan ha hugnad i han. Og han skal leggja handa på hovudet åt offerdyret. Då skal offeret tekkjast Herren og vera til soning for han. Så skal han slakta oksen for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal bera fram blodet og skvetta det rundt ikring på altaret som står framfor møteteltdøra. Sidan skal han flå offerdyret og lema det sund, og Arons-sønene, prestane, skal kveikja opp eld på altaret og leggja veden til rettes på elden. Dei skal leggja kjøtet og hovudet og feittet oppå veden som er lagd på altarelden. Innvolen og føtene skal vaskast i vatn, og så skal presten brenna alt saman på altaret. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren. Tek han offeret av småfeet, av sauene eller geitene, skal det vera ein lytelaus ver eller bukk. Den skal han slakta på nordsida av altaret, for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. Så skal han dela offerdyret opp i stykke, og presten skal ta stykka saman med hovudet og feittet og leggja dei til rettes oppå veden som er lagd på altarelden. Innvolen og føtene skal vaskast i vatn, og så skal presten bera fram alt saman og brenna det på altaret. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren. Er det ein fugl han vil ta til brennoffer åt Herren, skal det vera ei turteldue eller ein dueunge. Presten skal bera fuglen fram til altaret, vri hovudet av han og brenna det på altaret. Blodet skal pressast ut mot altarveggen. Han skal ta ut kråsen med det som er i den, og kasta det på austsida av altaret, der den feite offeroska ligg. Så skal presten slita laus vengene, men ikkje riva dei av, og brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren. Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva hans vera kveitemjøl. Han skal hella olje på mjølet, leggja røykjelse oppå og koma med det til Arons-sønene, prestane. Presten skal ta ein neve av mjølet og oljen, og så all røykjelsen, og brenna det på altaret som eit påminningsoffer. Det er eit eldoffer til godange for Herren. Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha; det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer. Når du vil bera fram eit grødeoffer av noko som er steikt i omn, skal det vera av kveitemjøl, anten usyrte kaker med olje i eller usyrte brødleivar, smurde med olje. Er offeret ditt eit grødeoffer som er steikt på helle, skal det òg vera av kveitemjøl som er blanda med olje, og usyrt. Du skal bryta det i bitar og hella olje over det. Det er eit grødeoffer. Er offeret ditt eit grødeoffer som er kokt i gryte, skal det lagast av kveitemjøl og olje. Når grødeofferet er tillaga på ein av desse måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram til altaret. Av grødeofferet skal presten ta påminningsofferet og brenna det på altaret. Det er eit eldoffer til godange for Herren. Og det som då er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha. Det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer. Eit grødeoffer som de vil bera fram for Herren, må ikkje lagast til med noko som er syrt. For korkje surdeig eller honning må de brenna som eldoffer for Herren. Når de tek offergåva av den fyrste grøda, kan de bera dette fram for Herren; men på altaret må det ikkje koma, til godange for han. Alle grødeoffer skal du salta. Aldri må du la det vanta salt i grødeofferet ditt, for saltet høyrer med til pakta med din Gud. Difor skal du bera fram salt attåt alle offera dine. Vil du bera fram for Herren ei offergåve av den fyrste grøda, skal du ta knust korn av nymogne aks, steikja det i elden og ofra det til Herren. Det skal vera offergåva di av den fyrste grøda. Du skal hella olje over offeret og leggja røykjelse på det. Det er eit grødeoffer. Presten skal brenna noko av det knuste kornet og av oljen, og så all røykjelsen, til påminningsoffer. Dette er eit eldoffer for Herren. Vil nokon bera fram eit måltidsoffer, og han tek det av storfeet, skal det vera eit lytelaust dyr han leier fram for Herrens åsyn, anten okse eller ku. Han skal leggja handa på hovudet åt offerdyret og slakta det innmed møteteltdøra, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. Av måltidsofferet skal han bera fram eit eldoffer for Herren. Det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen, begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. Arons-sønene skal brenna det på altaret saman med brennofferet som ligg på veden dei har lagt på elden. Dette er eit eldoffer til godange for Herren. Men vil han bera fram for Herren eit måltidsoffer av småfeet, skal det vera eit lytelaust dyr han leier fram, anten hann eller ho. Vil han ofra ein sau, skal han leia han fram for Herrens åsyn, leggja handa på hovudet åt offerdyret og slakta det framfor møteteltet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. Av måltidsofferet skal han bera fram eit eldoffer for Herren. Det skal vera feittet på dyret: heile feitthalen, som han skal skjera tett innmed ryggbeinet, netja og alt feittet som er på innvolen, begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. Presten skal brenna det på altaret. Det er eldoffermat for Herren. Er det ei geit han vil ofra, skal han leia henne fram for Herrens åsyn, leggja handa på hovudet hennar og slakta henne framfor møteteltet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. Av offeret skal han bera fram eit eldoffer for Herren. Det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen, begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. Presten skal brenna det på altaret. Det er eldoffermat til godange for Herren. Alt feitt høyrer Herren til. Dette skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar kvar de så bur. Feitt og blod må de aldri eta. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Når nokon syndar av vanvare mot eit av Herrens bod og gjer noko han ikkje har lov til, gjeld desse føresegnene: Er det den salva presten som syndar og fører skuld over folket, skal han ofra ein ung, lytelaus okse som syndoffer til Herren for den synda han har gjort. Han skal leia oksen fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, leggja handa på hovudet åt oksen og slakta han for Herrens åsyn. Presten som er salva, skal ta noko av okseblodet og bera det inn i møteteltet. Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta litt av det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget i heilagdomen. Noko av blodet skal han stryka på horna på altaret med den velluktande røykjelsen, det som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av okseblodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra. Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, både netja og alt feittet som er på innvolen, begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal skjera ut saman med nyrene. Alt dette skal presten ta ut, like eins som på oksen til måltidsofferet, og så skal han brenna det på brennofferaltaret. Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og føter, innvol og mageinnhald, heile oksen, skal han føra ut or leiren til ein rein stad, der dei tømer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømer offeroska, skal han brennast. Har heile Israels-lyden synda av vanvare, har heile folket utan å vita om det gjort noko som ikkje er tillate etter eit av Herrens bod, og ført skuld over seg, skal folket ofra ein ung okse til syndoffer når synda vert kjend. Dei skal leia han fram til møteteltet, dei eldste av lyden skal leggja hendene på hovudet åt oksen for Herrens åsyn, og så skal oksen slaktast der. Presten som er salva, skal bera noko av okseblodet inn i møteteltet. Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget. Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra. Alt feittet skal han ta ut or oksen og brenna det på altaret. Som han gjorde med den fyrste syndofferoksen, så skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei, så dei får tilgjeving. Han skal føra oksen ut or leiren og brenna han, liksom han brende den fyrste oksen. Dette er syndofferet for Israels-lyden. Når ein hovding av vanvare syndar mot eit av boda åt Herren sin Gud, og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg, då skal han bera fram eit offer når han skjønar at han har synda. Det skal vera ein bukk som er utan lyte. Han skal leggja handa på hovudet åt bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens åsyn. Dette er eit syndoffer. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret. Alt feittet skal han brenna på altaret, liksom han gjorde med feittet av måltidsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving. Er det ein mann av folket som av vanvare syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg, skal han bera fram eit offer for synda når han skjønar at han har synda. Det skal vera ei geit som er utan lyte. Han skal leggja handa på hovudet åt syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret. Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed altarfoten. Alt feittet skal han ta ut, liksom dei tek feittet ut or måltidsofferet. Presten skal brenna det på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving. Tek han ein sau til syndoffer, skal han koma med eit lytelaust hodyr. Han skal leggja handa på hovudet åt dyret og slakta det til eit syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferdyret. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed altarfoten. Alt feittet skal han ta ut, liksom dei tek feittet ut or ein sau dei ofrar som måltidsoffer. Presten skal brenna det på altaret saman med eldofferet til Herren. Såleis skal presten gjera soning for han og for den synda han har gjort, så han får tilgjeving. Når nokon høyrer einkvan lysa ei forbanning, og han kan vitna, fordi han har sett eller fått vita noko, men likevel ikkje seier frå, då syndar han og fører skuld over seg. Eller når einkvan utan å vita det kjem borti noko ureint, anten det er den daude kroppen av eit ureint villdyr eller av eit ureint husdyr eller av eit ureint kryp, så vert han sjølv urein og fører skuld over seg. Eller når einkvan utan å vita det kjem borti noko ureint hjå menneske, og det er ein ureinskap som kan overførast, og han sidan vert klar over det, då har han ført skuld over seg. Eller når einkvan utan å sansa det sver tankelaust at han vil gjera eit eller anna, vondt eller godt, kva det så kan vera eit menneske sver på i tankeløyse, og han sidan vert klar over det, då har han ført skuld over seg på den eine eller den andre måten. Den som såleis har ført skuld over seg, skal sanna den synda han har gjort, og koma til Herren med eit skuldoffer for synda si. Det skal vera eit hodyr av småfeet, ein sau eller ei geit. Og presten skal gjera soning for han for synda hans. Men har han ikkje råd til ein sau, skal han til skuldoffer for synda si bera fram for Herren to turtelduer eller to dueungar, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer. Han skal koma til presten med dei, og presten skal fyrst bera fram den dua som er til syndoffer. Han skal vri om hovudet på henne tett oppmed nakken, men ikkje riva det av. Så skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal pressast ut nedmed altarfoten. Det er eit syndoffer. Av den andre dua skal han laga til eit brennoffer, som føreskrive er. Såleis skal presten gjera soning for han for den synda han har gjort, så han får tilgjeving. Men har han ikkje råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han for den synda han har gjort, ofra ein tiandedels efa kveitemjøl; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer. Han skal koma til presten med det, og presten skal ta ein neve av mjølet til påminningsoffer og brenna det på altaret saman med Herrens eldoffer. Det er eit syndoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for den eine eller den andre synda han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att, skal høyra presten til på same måten som med grødeofferet. Herren tala til Moses og sa: Når nokon av vanvare tileignar seg eitkvart som er vigt til Herren, og såleis gjer seg skuldig i svik, skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av feet, verdsett i sølvsekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Det er skuldofferet hans. Det han med urett har tileigna seg av det heilage, skal han gje vederlag for og leggja til ein femtepart av verdien. Han skal gje det til presten, og presten skal gjera soning for han med skuldofferveren, så han får tilgjeving. Når nokon utan å vita det syndar mot eit av Herrens bod og gjer eitkvart som han ikkje har lov til, og såleis fører skuld over seg og ber på misgjerning, då skal han koma til presten med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer. Og presten skal gjera soning for han for den synda han har gjort av vanvare, utan å vita om det, så han får tilgjeving. Det er eit skuldoffer. Han har synda mot Herren og ført skuld over seg. Herren tala til Moses og sa: Når nokon syndar og ber seg trulaust åt mot Herren, med di han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrutt, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald, eller han har funne noko som ein annan har mist, og så nektar for det, eller han sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera, då skal den som har synda og ført skuld over seg, gje att det han har røva eller teke med vald, fått i forvaring eller funne etter at det var bortkome. Såleis skal det vera når nokon nektar og sver falskt òg. Han skal gje det att med full verdi og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans vert kjend, skal han gje det til eigaren. Han skal koma til Herren med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten. Og presten skal gjera soning for han for Herrens åsyn, så han får tilgjeving for alt det han har ført skuld over seg med. Herren tala til Moses og sa: Sei til Aron og sønene hans: Dette er lova om brennofferet: Brennofferet skal liggja på eldstaden på altaret heile natta, til morgons, og altarelden skal brenna. Presten skal kle seg i linkjortelen sin og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret. Så skal han ta av seg kledebunaden sin, ha på seg andre klede og bera oska ut or leiren til ein rein stad. Elden skal haldast brennande på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, leggja brennofferet til rettes på veden og brenna feittet av måltidsofferet. Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna. Dette er lova om grødeofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram til altaret. Presten skal ta ein neve av kveitemjølet og oljen i grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og brenna det på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren. Det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyrt på ein heilag stad. I føregarden til møteteltet skal dei eta det. Med surdeig må det ikkje bakast. Det er den delen eg har gjeve dei av eldoffera mine. Høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet. Alle menn som er ætta frå Aron, kan eta det. Gjennom alle tider og ætter skal det vera dykkar del av Herrens eldoffer. Kvar den som rører ved det, vert heilag. Herren tala til Moses og sa: Dette er det offeret som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei vert salva: ein tiandedels efa kveitemjøl. Det er det daglege grødeofferet som dei ber fram, halvparten om morgonen og halvparten om kvelden. Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knatt skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren. Den av Arons-sønene som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til. Det er ei føresegn som Herren har gjeve for alle tider. Heile offeret skal brennast. Kvart grødeoffer som presten ber fram for seg sjølv, skal vera heiloffer, det må ikkje etast. Herren tala til Moses og sa: Sei til Aron og sønene hans: Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens åsyn. Høgheilagt er det. Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til møteteltet. Kvar den som rører offerkjøtet, vert heilag. Kjem det noko av blodet på eit klesplagg, skal du vaska det på ein heilag stad. Vert kjøtet kokt i ei leirgryte, skal gryta knusast. Er det kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn. Alle menn som er prestar, kan eta av dette offeret. Høgheilagt er det. Men dei syndoffer som det vert bore blod av inn i møteteltet, så det vert gjort soning i heilagdomen, må ikkje etast. Dei skal brennast. Dette er lova om skuldofferet: Høgheilagt er det. På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret, og alt feittet skal dei ofra: feitthalen, netja, begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som skal skjerast ut saman med nyrene. Presten skal brenna det på altaret som eldoffer til Herren. Det er eit skuldoffer. Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det. Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet. Same lova gjeld begge. Den presten som gjer soning med det, han skal ha det. Når ein prest ofrar brennoffer for nokon, skal denne presten ha skinnet av offerdyret han har bore fram. Alle grødeoffer som vert bakte i omn, kokte i gryte eller steikte på helle, skal han ha, den presten som ber dei fram. Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra Arons-sønene til, den eine som den andre. Dette er lova om måltidsofferet, som vert ofra til Herren: Ber nokon det fram som takkoffer, skal han saman med slaktofferet bera fram usyrte kaker med olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og kveitemjøl som er blanda med olje og knatt til kaker. Det er dei offergåvene han skal bera fram saman med takkofferet og måltidsofferet sitt, og attåt det skal han ha med seg syrte kaker. Av offergåvene skal han gje ei av kvart slag i avgift til Herren. Det skal presten ha, han som skvetter blodet av måltidsofferet på altaret. Kjøtet av dette offeret, som er eit takkoffer, skal etast same dagen som det vert frambore. Ikkje noko av det må verta liggjande til morgons. Er slaktofferet eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer, skal det etast same dagen som det vert frambore. Men det som vert att, kan etast dagen etter. Det som enno er att av offerkjøtet tredje dagen, skal brennast. Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg. Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet. Men den som et kjøt av Herrens måltidsoffer medan han er urein, han skal rydjast ut or folket sitt. Når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og avstyggjeleg, og han så et kjøt av Herrens måltidsoffer, då skal den mannen rydjast ut or folket sitt. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit. Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan nyttast på ulik måte; men eta det må de ikkje. For kvar den som et feittet av dyr som det vert ofra eldoffer av til Herren, skal rydjast ut or folket sitt. Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur. Den som nokon gong et blod, han skal rydjast ut or folket sitt. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Den som vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal sjølv koma med den gåva han vil gje Herren av offeret sitt. Med eigne hender skal han bera fram Herrens eldoffer, både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast for Herrens åsyn. Presten skal brenna feittet på altaret. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha. Det høgre låret skal de gje presten i avgift av måltidsoffera dykkar. Den av Arons-sønene som ber fram blodet og feittet av måltidsofferet, skal ha det høgre låret; det er hans del. For brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, tek eg imot av israelittane, når dei kjem med måltidsoffera sine, og gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Den retten skal dei ha hjå israelittane til evig tid. Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens eldoffer den dagen dei vert førte fram og skal gjera presteteneste for Herren. Det var det Herren sa at israelittane skulle gje dei den dagen dei vert salva, og det skulle dei ha rett til i alle tider og ætter. Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og måltidsofferet, den lova som Herren gav Moses på Sinai-fjellet, då han baud israelittane at dei skulle bera fram offera sine for Herren i Sinai-øydemarka. Herren tala til Moses og sa: «Henta Aron og sønene hans, ta prestekleda, salvingsoljen, syndofferoksen, dei to verane og korga med usyrt brød, og kalla heile Israels-lyden saman framfor døra til møteteltet!» Moses gjorde som Herren sa, og lyden samla seg framfor møteteltdøra. Og Moses sa til dei: «Dette har Herren sagt at eg skal gjera.» Då kalla Moses til seg Aron og sønene hans og vaska dei med vatn. Han kledde Aron i kjortelen, spente beltet om han, tok på han kappa, hengde efoden på han, batt om han beltet som høyrde til, og feste efoden med det. Så hadde han brystduken på han, og i brystduken la han urim og tummim. Og han sette hua på hovudet hans, og framme på hua feste han gullplata, det heilage diademet, så som Herren hadde sagt Moses føre. Moses tok salvingsoljen og salva bustaden og alt som var i han, og helga det. Sju gonger skvette han olje på altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med fotstykke. Såleis helga han dei. Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han. Sidan kalla han til seg Arons-sønene, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt huer på dei, såleis som Herren hadde sagt Moses føre. Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt oksen. Moses slakta han, tok blodet og strauk det rundt ikring på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten. Såleis gjorde han soning for altaret og helga det. Så tok han alt feittet på innvolen og leverlappen og begge nyrene med talga som var på dei, og brende det på altaret. Men sjølve oksen, både skinnet og kjøtet og mageinnhaldet, brende han opp utanfor leiren, såleis som Herren hadde sagt han føre. Så leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren. Moses slakta han og skvette blodet rundt ikring på altaret. Sjølve veren lema han sund og brende både hovudet og kjøtet og feittet. Innvolen og føtene vaska han i vatn. Så brende han heile veren på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit eldoffer for Herren, så som han hadde sagt Moses føre. Sidan leidde han fram den andre veren, vigslingsveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren. Moses slakta han, tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen åt Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans. Så kalla han til seg sønene hans Aron og strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret. Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolen, begge nyrene med talga som var på dei, og så det høgre låret. Og or korga med usyrt brød som stod for Herrens åsyn, tok han ei usyrt kake, ei oljekake og ein brødleiv og la det på feittet og låret. Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det for Herrens åsyn. Moses tok det ut or hendene deira og brende det på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit eldoffer for Herren var det. Så tok Moses bryststykket og svinga det for Herrens åsyn. Det var den delen Moses fekk av vigslingsveren, så som Herren hadde sagt han føre. Og Moses tok av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette på Aron og kleda hans og like eins på sønene hans og kleda deira. Såleis helga han Aron og kleda hans og like eins sønene og kleda deira. Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet attmed møteteltdøra og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, så som eg har sagt: Aron og sønene hans skal eta det. Men det som vert att av kjøtet og brødet, skal de brenna. Og i sju dagar skal de halda dykk innmed møteteltdøra, heilt til den dagen vigslingstida er ute. For sju dagar skal vigsla vara. Som de har gjort i dag, så skal de gjera sidan òg, til soning for dykk, seier Herren. Innmed møteteltdøra skal de vera i sju dagar, både dag og natt, og halda dykk etter det som Herren har fastsett, så de ikkje skal missa livet. For det har eg fått påbod om.» Aron og sønene hans gjorde alt det som Herren hadde sagt dei gjennom Moses. Den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel, og han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, begge utan lyte, og lei dei fram for Herrens åsyn! Og sei til israelittane: Ta ein bukk til syndoffer, ein kalv og eit lam, som begge er årsgamle og lytelause, til brennoffer, og ein okse og ein ver som skal vera måltidsoffer og ofrast for Herrens åsyn, og så eit grødeoffer med olje i! For i dag vil Herren syna seg for dykk.» Dei henta det som Moses hadde sagt, og sette det framfor møteteltet. Og heile Israels-lyden steig fram og stod for Herrens åsyn. Då sa Moses: «Dette er det Herren har sagt at de skal gjera; så skal Herrens herlegdom syna seg for dykk.» Og til Aron sa han: «Gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har sagt!» Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som skulle vera syndoffer for han sjølv. Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten. Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret brende han på altaret, så som Herren hadde sagt Moses føre. Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren. Så slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret. Dei rette sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret. Innvolen og føtene vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet. Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som skulle vera syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer, liksom det fyrste offerdyret. Sameleis førte han fram brennofferet og ofra det, som det var føreskrive. Grødeofferet bar han òg fram. Av det tok han ein neve og brende på altaret, forutan morgonbrennofferet. Og han slakta oksen og veren som skulle vera måltidsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret. Feittet på oksen og veren, både feitthalen, netja, begge nyrene med talga som var på dei, og leverlappen, alt dette la dei på bryststykka. Og Aron brende feittet på altaret. Men bryststykka og det høgre låret svinga han for Herrens åsyn, så som Moses hadde sagt. Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Og så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og måltidsofferet. Sidan gjekk Moses og Aron inn i møteteltet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte Herrens herlegdom seg for heile folket, og det fór ut eld frå Herren og brende opp det som var på altaret, både brennofferet og feittet. Då folket såg det, ropa dei alle høgt av glede og kasta seg til jorda. Arons-sønene Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, hadde glør i dei, la røykjelse på glørne og bar uvigsla eld fram for Herren, i strid med det han hadde gjeve dei påbod om. Då fór det ut eld frå Herren og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn. Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som står meg nær, vil eg visa meg heilag, framfor heile folket vil eg visa meg mektig.» Aron tagde. Men Moses ropa på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, som var farbror åt Aron, og sa til dei: «Kom hit og ber frendane dykkar bort frå heilagdomen og ut or leiren!» Dei kom og gjorde som Moses hadde sagt, og bar dei ut or leiren med kjortlane på. Då sa Moses til Aron og til Elasar og Itamar, sønene hans: «De skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda. For då kjem de til å døy, og Herren vert vreid på heile Israels-lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætta, skal gråta over den elden som Herren har sendt. De skal ikkje gå bort frå møteteltdøra, for då må de døy, for Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa. Herren sa til Aron: «Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de skal gå inn i møteteltet. For då kjem de til å døy. Det skal vera ei evig lov for dykk, frå ætt til ætt, så de kan skilja mellom heilagt og vanheilagt, mellom ureint og reint, og læra israelittane alle dei lovene som Herren har late Moses kunngjera for dei.» Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei av sønene hans som endå var i live: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens eldoffer, og et det usyrt frammed altaret! For det er høgheilagt. De skal eta det på ein heilag stad. Det er den delen av Herrens eldoffer som du og sønene dine har rett til. Det har eg fått påbod om. Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, skal de òg eta på ein vigsla stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den delen av måltidsoffera åt israelittane som er fastsett for deg og borna dine. Låret som vert gjeve i avgift og brystet som vert svinga, skal de bera fram saman med feittet av eldofferet og svinga det for Herrens åsyn. Det høyrer deg og borna dine til. Den retten skal de ha til evig tid, så som Herren har sagt.» Då Moses spurde etter syndofferbukken, viste det seg at han var oppbrend. Då vart han harm på Elasar og Itamar, dei som var att av sønene til Aron, og sa: «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på ein heilag stad? Det er då eit høgheilagt offer. Herren har gjeve dykk det for at de skal ta bort skulda åt Israels-lyden og gjera soning for dei for Herrens åsyn. Blodet vart ikkje bore inn i heilagdomen. Difor skulle de ha ete offerkjøtet på ein heilag stad, som eg har sagt.» Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og likevel har slikt kome over meg. Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore etter Herrens vilje?» Då Moses høyrde det, tykte han det var rett. Herren tala til Moses og Aron og sa til dei: Sei til israelittane: Desse kan de eta av alle dyreslag på jorda: Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og jortar, dei kan de eta. Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar og av dei som har klauver: kamelen, for han jortar nok, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein; og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein; og haren, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein; og svinet, for det har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira må de ikkje røra. Dei skal de halda for ureine. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som lever i vatnet, anten det er i hav eller elvar, og som har finnar og skjel, kan de eta. Men alt som finst i havet og elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der og ikkje har finnar og skjel, det skal vera ein styggedom for dykk. Ein styggedom skal dei vera for dykk. Kjøtet av dei må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira skal de ha avsky for. Alt i vatnet som ikkje har finnar og skjel, skal vera ein styggedom for dykk. Dette er dei fuglane de skal ha avsky for – dei må de ikkje eta, for dei er ein styggedom: ørna, lammegribben og svartgribben, glenta og alle slag falkar, alle slag ramnar, strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, kattugla, skarven og hubroen, slørugla, pelikanen og åtselgribben, storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa. Alt kryp som har venger og går på fire føter, skal vera ein styggedom for dykk. Av alt kryp som har venger og går på fire føter, må de ikkje eta anna enn det som ovanfor føtene har legger til å hoppa på marka med. Av grashoppeslaga kan de eta desse: solam-grashopper, hargol-grashopper og hagab-grashopper. Men alt anna kryp som har venger og fire føter, skal vera ein styggedom for dykk. Dette er dei dyra som de vert ureine av – den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds, og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds: Alle dyr som har høver og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal de halda for ureine. Kvar den som kjem nær dei, vert urein. Og alle firføtte dyr som går på labbar, skal de halda for ureine. Den som kjem nær den daude kroppen deira, er urein heilt til kvelds. Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. De skal halda dei for ureine. Av smådyra som det kryr av på jorda, skal de halda desse for ureine: moldvarpen, musa og alle slag firfisler, anaka-firfisla, koah-firfisla, leta’a-firfisla, salamanderen og kameleonen. Desse smådyra skal de halda for ureine. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds. Alt det som eit slikt dyr dett ned på, vert ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker, eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, vert alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund. All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, vert urein, og all drikk som folk drikk, vert urein i slike kar. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, vert ureint. Anten det er ein bakeomn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk. Berre kjelder og brunnar som det samlar seg vatn i, er like reine. Men den som kjem nær det daude dyret som ligg der, vert urein. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, skal de halda kornet for ureint. Når eit dyr som de kan eta, døyr, og nokon kjem nær det daude dyret, då er han urein heilt til kvelds. Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Alle smådyra som det kryr av på marka, er ein styggedom. Dei må ikkje etast. Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er ein styggedom. Få ikkje på dykk styggedomen frå desse krypa på marka! Akta dykk for ureinskapen frå dei, så de ikkje sjølve vert ureine! For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine med noko av det krypet som rører seg på marka. For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt og vil vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag. Dette er lova om dyra og fuglane og alt liv som leikar i vatnet, og om alle dyr som det kryr av på marka, så de kan skilja mellom ureint og reint, mellom dyr som kan etast, og dyr som ikkje kan etast. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Når ei kvinne skal ha barn og får ein son, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som når ho har månadstida si. Den åttande dagen skal førehuda åt guten skjerast av. Sidan skal ho halda seg heime i trettitre dagar, medan blodet går og ho vert reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane hennar er ute. Får ho ei jente, er ho urein i to veker, som når ho har månadstida si. Sidan skal ho halda seg heime i sekstiseks dagar, medan blodet går og ho vert reinsa. Når reinsingsdagane er ute, skal ho, anten ho har fått son eller dotter, koma med eit årsgamalt lam til brennoffer og ein dueunge eller ei turteldue til syndoffer. Ho skal bera det fram til møteteltdøra og gje det til presten. Han skal ofra det for Herrens åsyn og gjera soning for henne. Då vert ho rein etter blødinga. Dette er lova for kvinner som får barn, anten det er gut eller jente. Men har ho ikkje råd til å ofra ein sau, skal ho ta to turtelduer eller to dueungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer, og presten skal gjera soning for henne. Då vert ho rein. Herren tala til Moses og Aron og sa: Når nokon får trote, utslett eller ein ljos flekk på skinnet, og det kan verta til hudsjukdom som gjer urein, skal dei gå til Aron, presten, med han, eller til ein av sønene hans, prestane. Presten skal sjå på den vonde flekken. Dersom håret der har kvitna, og den vonde flekken ser ut til å liggja djupare enn skinnet, då er det hudsjukdom som gjer urein. Når presten ser det, skal han seia frå at mannen er urein. Men er den vonde flekken kvit, og han ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet, og håret på han ikkje har kvitna, skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar. Den sjuande dagen skal presten sjå på han att. Finn han då at flekken er som før og ikkje har breitt seg vidare utover på huda, skal han halda mannen innestengd i sju dagar til. Den sjuande dagen skal presten sjå på han endå ein gong. Finn han då at den vonde flekken har bleikna og ikkje ete om seg, skal han seia frå at mannen er rein. Det er berre eit utslett. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein. Men breier utslettet seg etter at mannen har synt seg fram for presten og bede han seia frå at han er rein, skal han endå ein gong syna seg for presten. Og presten skal sjå på han. Finn han at utslettet har ete endå meir om seg, skal han seia frå at mannen er urein. Då er det hudsjukdom som gjer urein. Når nokon har fått denne sjukdomen, skal han førast til presten. Og presten skal sjå på han. Finn han at det er ein kvit trote på huda med villkjøt i, og at håret der har kvitna, då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal seia frå at han er urein. Han skal ikkje fyrst stengja mannen inne, for han er alt urein. Men når utslettet bryt ut på huda, så det dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, alle stader der presten kan festa augo, skal presten sjå på han. Finn han at utslettet har breitt seg over heile kroppen, skal han seia frå at den sjuke er rein. Har han vorte kvit over heile kroppen, er han rein. Men så snart det syner seg villkjøt på han, er han urein. Når presten ser villkjøtet, skal han seia frå at han er urein, for villkjøtet er ureint. Det er hudsjukdom som gjer urein. Går villkjøtet bort att og den sjuke vert kvit, skal han koma til presten. Og presten skal sjå på han. Finn han at den vonde flekken har vorte kvit, skal han seia frå at den sjuke er rein. Då er han rein. Får nokon ein svull på huda, og han vert lækt, og det sidan kjem ein kvit trote eller ein bleikraud flekk der svullen var, skal han syna seg fram for presten. Og presten skal sjå på han. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og at håret på han har kvitna, skal han seia frå at mannen er urein. Hudsjukdom som gjer urein, har brote ut i svullen. Når presten ser på den vonde flekken og finn at det ikkje er kvite hår der, og at flekken ikkje ligg djupare enn skinnet, og at han har bleikna, skal han halda mannen innestengd i sju dagar. Et så flekken meir og meir om seg, skal presten seia frå at mannen er urein. Det er hudsjukdom som gjer urein. Men held den bleike flekken seg på same staden utan å breia seg, er det berre æret etter svullen, og presten skal seia frå at mannen er rein. Har nokon fått eit brannsår på huda, og kjøtet som gror i såret, viser seg som ein bleikraud eller kvit flekk, skal presten sjå på såret. Finn han at håret på den bleike flekken har kvitna, og at flekken ligg djupare enn skinnet, då har hudsjukdom brote ut i brannsåret. Det er hudsjukdom som gjer urein, og presten skal seia frå at mannen er urein. Når presten ser på flekken og finn at det ikkje er kvite hår på han, og at han ikkje ligg djupare enn skinnet, og at han har bleikna, skal han halda mannen innestengd i sju dagar. Den sjuande dagen skal presten sjå på han att. Dersom flekken då har breitt seg på skinnet, skal presten seia frå at han er urein. Det er hudsjukdom som gjer urein. Men er flekken bleik og har halde seg på same staden utan å breia seg, då er det ein trote etter brannsåret, og presten skal seia frå at mannen er rein. For dette er berre æret etter brannsåret. Får ein mann eller ei kvinne ein vond flekk på hovudet eller i skjegget, skal presten sjå på flekken. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og det er gult, tynt hår på han, skal han seia frå at mannen er urein. Det er skurv, hudsjukdom på hovudet eller i skjegget. Tykkjer presten som ser på skurvflekken, at han ikkje ligg djupare enn skinnet, og det ikkje er svarte hår på han, skal han halda den som har flekken, innestengd i sju dagar. Den sjuande dagen skal presten sjå på flekken. Finn han då at skurven ikkje har breitt seg, og at det ikkje er gult hår på han, og at han ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet elles, skal mannen som har skurv, raka seg, men ikkje på skurvflekken, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til. Den sjuande dagen skal presten sjå på skurvflekken. Finn han då at skurvflekken ikkje har breitt seg, og at flekken ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet elles, skal han seia frå at mannen er rein. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein. Dersom skurven breier seg på skinnet etter at mannen vart sagd rein, skal presten sjå på han. Finn han at skurven har breitt seg, skal han ikkje leita etter det gule håret. Mannen er urein. Men tykkjer presten at skurvflekken held seg på same staden, og har det vakse svarte hår på han, då er sjukdomen lækt. Mannen er rein, og presten skal seia frå at han er rein. Får ein mann eller ei kvinne flekker, kvite flekker på kroppen, skal presten sjå på dei. Finn han bleike, kvite flekker på skinnet, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut, og mannen eller kvinna er rein. Om ein mann misser håret på hovudet så han vert snau, er han likevel rein. Misser han pannehåret og vert skallet, er han rein. Men viser det seg ein bleikraud flekk der han er skallet, anten det er i nakken eller i panna, er det hudsjukdom som bryt ut. Presten skal sjå på han. Finn han ein bleikraud trote i nakken eller skallen, og det ser ut til å vera hudsjukdom som gjer urein, då har mannen fått denne sjukdomen. Han er urein, og presten skal seia frå at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet. Den som har fått hudsjukdom som gjer urein, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: «Urein, urein!» Så lenge han er sjuk, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til. Kjem det åt på eit klesplagg av ull eller lin, eller på noko som er vove eller strikka av lin eller ull, eller på skinn eller noko som er laga av skinn, og det er grønvorne eller raudvorne flekker på plagget eller skinnet eller det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, då er det åt, og det skal synast fram for presten. Presten skal sjå på det som åtet er kome på, og halda det innelåst i sju dagar. Den sjuande dagen skal han sjå på det att. Har flekken då breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, er det eit stygt åt. Det er ureint. Han skal brenna det som det er flekker på, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller strikka av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er eit stygt åt. Det skal brennast. Men dersom presten, når han ser på det, finn at flekken ikkje har breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, kva det så måtte vera, då skal han setja folk til å vaska det som det er flekker på, og halda det innelåst i sju dagar til. Presten skal sjå på det etter at det er vaska. Finn han at flekkene ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om skaden ikkje har breitt seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga. Men dersom presten ser på det og finn at flekkene har bleikna etter vasket, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller strikka. Kjem flekkene att sidan, på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, då er det åt som syner seg. Du skal brenna det som det er flekker på. Men har eit plagg eller noko som er vove eller strikka, eller noko av skinn, flekker som går av når ein vaskar det, skal det vaskast ein gong til. Då er det reint. Dette er lova om åt på klesplagg av ull eller lin og på det som er vove eller strikka, og på alle slag ting som er laga av skinn. Etter den skal dei seiast reine eller ureine. Herren tala til Moses og sa: Dette er lova om korleis den som har hudsjukdom som gjer urein, skal seiast rein: Han skal førast til presten, og presten skal gå ut or leiren og sjå på han. Finn han då at mannen er lækt for sjukdomen sin, skal han få folk til å henta to levande reine fuglar, litt sedertre, karmosinraud ull og isop til reinsinga av han. Han skal la dei slakta den eine fuglen over eit leirfat som er fylt med friskt vatn. Så skal han ta den levande fuglen, sedertreet, den karmosinraude ulla og isopen og duppa alt saman, den levande fuglen med, i blodet av den fuglen som er slakta over det friske vatnet, og skvetta sju gonger på den som skal reinsast for hudsjukdom. Såleis skal han reinsa han. Og den levande fuglen skal han la flyga sin veg. Så skal den som lèt seg reinsa, vaska kleda sine, raka av seg alt håret og lauga seg. Då er han rein. Sidan kan han få koma inn i leiren. Men han skal halda seg utanfor teltet sitt i sju dagar. Den sjuande dagen skal han raka seg att. Både håret på hovudet og skjegget og augnebryna, alt håret, skal han raka av seg. Og han skal vaska kleda sine og lauga kroppen sin. Då er han rein. Den åttande dagen skal han ta to lytelause verlam og eit årsgamalt, lytelaust saulam og til grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl med olje i, og så ein log olje. Presten som står for reinsinga, skal føra den som lèt seg reinsa, og offergåvene hans fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra. Så skal presten ta det eine verlammet og den logen olje som høyrer til, og bera det fram som skuldoffer og svinga det for Herrens åsyn. Verlammet skal dei slakta på den staden der dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden. For skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet. Det er høgheilagt. Presten skal ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som vert reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans. Han skal ta noko av den oljen som høyrer til, og hella ut i den venstre handa si, duppa høgre peikefingeren i oljen som han har i venstre handa, og skvetta litt av oljen med fingeren sju gonger for Herrens åsyn. Noko av den oljen som er att i handa hans, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over blodet av skuldofferet. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn. Så skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som lèt seg reinsa for ureinskapen sin. Sidan skal han slakta brennofferet. Og presten skal bera fram brennofferet og grødeofferet på altaret og gjera soning for han. Då er han rein. Men er det ein fattig mann, som ikkje har råd til så mykje, skal han ta eit verlam til skuldoffer – det skal svingast til soning for han – og ein tiandedels efa kveitemjøl med olje i, ein log olje, til grødeoffer, og så to turtelduer eller to dueungar, etter som han har råd til. Den eine skal vera syndoffer og den andre brennoffer. Den åttande dagen etter at han har vorte rein, skal han bera desse offergåvene fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, og gje dei til presten. Og presten skal ta skuldofferlammet og den oljen som høyrer til, og svinga det for Herrens åsyn. Når skuldofferlammet er slakta, skal presten ta noko av skuldofferblodet og stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans. Han skal hella noko av oljen ut i den venstre handa si, og med høgre peikefingeren skvetta litt av oljen som han har i venstre handa, sju gonger for Herrens åsyn. Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over den staden der blodet av skuldofferet er. Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens åsyn. Så skal han bera fram den eine av turtelduene eller dueungane, det han har råd til, som syndoffer og den andre som brennoffer, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som lèt seg reinsa, for Herrens åsyn. Dette er den lova de skal fylgja når den som har lita råd, har fått hudsjukdom og skal reinsast. Herren tala til Moses og Aron og sa: Når de kjem inn i Kanaan, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt det koma sopp på eit hus i landet dykkar, skal huseigaren gå til presten og seia: «Det ser ut til at det har kome sopp på huset.» Då skal presten setja dei til å rydja huset før han sjølv kjem og ser på flekkene, så ikkje alt det som er i huset, vert ureint. Så skal han koma og sjå på huset. Finn han då at flekkene på veggene er grønvorne eller raudvorne søkk som synest liggja djupare enn veggen, skal han gå ut or huset, låsa døra og halda huset stengt i sju dagar. Den sjuande dagen skal presten koma att. Finn han då at flekkene har breitt seg på veggene i huset, skal han setja folk til å bryta ut dei steinane som det er flekker på, og kasta dei på ein urein stad utanfor byen. Dei skal skrapa huset rundt ikring innvendes, og leira som dei har skrapa av, skal dei kasta på ein urein stad utanfor byen. Så skal dei ta andre steinar og setja inn i staden for dei gamle og ta ny leire og pussa huset med. Bryt flekkene ut att på huset etter at steinane er uttekne og huset er skrapa og pussa, skal presten koma og sjå på det. Finn han at flekkene har breitt seg, er det stygg sopp på huset. Det er ureint. Då skal dei riva huset, både steinane, treverket og all leira, og føra det ut or byen, til ein urein stad. Den som går inn i huset så lenge det er stengt, han er urein heilt til kvelds. Den som ligg i huset, skal vaska kleda sine, og den som et i huset, skal vaska kleda sine. Finn presten, når han kjem og ser på huset, at flekkene ikkje har breitt seg etter at huset vart pussa, skal han seia frå at det er reint. For skaden er lækt. Så skal han ta to fuglar, eit stykke sedertre, litt karmosinraud ull og isop og reinsa huset. Den eine fuglen skal han slakta over eit leirfat som er fylt med friskt vatn. Og han skal ta sedertreet, isopen, den karmosinraude ulla og den levande fuglen og duppa det i blodet av den som er slakta, og i det friske vatnet og skvetta på huset sju gonger. Når han så har reinsa huset for synd med fugleblodet, det friske vatnet, den levande fuglen, sedertreet, isopen og den karmosinraude ulla, skal han sleppa den levande fuglen og la han flyga ut or byen. Såleis skal han gjera soning for huset. Då er det reint. Dette er lova om allslags hudsjukdom og om skurv, om åt på klede og sopp på hus, om trote, utslett og ljose flekker, så de kan vita når noko er ureint, og når det er reint. Dette er lova om hudsjukdom, åt og sopp. Herren tala til Moses og Aron og sa: Sei til israelittane: Når det kjem utflod frå lekamen åt ein mann, er han urein på grunn av væska. Så lenge dette varer, fylgjer det ureinskap med han. Anten lekamen skil ut væske eller held henne att, er han urein. Kvar lege han ligg på, og kvart sete han sit på, vert ureint. Den som kjem nær lega hans, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Like eins skal den som kjem nær den sjuke sjølv, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Kvar ridesal som den sjuke sit på, vert urein. Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Tek den sjuke bortpå nokon utan at han fyrst har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Kjem den sjuke nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn. Når den som har utflod, er vorten rein, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og lauga seg i friskt vatn. Så er han rein. Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, og gje dei til presten. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn og reinsa han for sjukdomen. Når det går sæd frå ein mann, skal han lauga heile kroppen sin; han er urein heilt til kvelds. Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds. Når ein mann ligg med ei kvinne, og det går sæd frå han, skal begge lauga seg; dei er ureine heilt til kvelds. Når ei kvinne har månadstida si, og det kjem blod frå lekamen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds. Alt det ho ligg eller sit på medan ho er urein, vert ureint. Den som kjem nær lega hennar, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Ligg det eit eller anna på lega eller setet hennar, og nokon kjem nær det, er han urein heilt til kvelds. Dersom ein mann ligg med henne, og ureinskapen hennar kjem på han, er han urein i sju dagar, og alt det han ligg på, vert ureint. Når det går blod frå ei kvinne i mange dagar, utan at ho har månadstida si, eller blodet går lenger enn vanleg, då er ho urein så lenge blødinga varer, som når ho har månadstida si. Alt det ho ligg på medan blødinga varer, vert ureint, som når ho har månadstida si. Og alt det ho sit på, vert ureint, som når ho har månadstida si. Den som kjem nær det, vert urein. Han skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Når ho vert rein etter blødinga, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein. Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til møteteltdøra. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn og reinsa henne for den ureine blødinga. De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin. Dette er lova om menn som har utflod, og om dei som det går sæd frå, så dei vert ureine, om kvinner som har månadstida si, om folk som skil ut væske, anten det er menn eller kvinner, og om menn som ligg med ureine kvinner. Då dei to Arons-sønene var borte, dei som laut døy den gongen dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses og sa: Sei til Aron, bror din, at han ikkje kva tid som helst skal gå inn i heilagdomen innanfor forhenget, fram til soningsstaden, som er oppå paktkista; elles må han døy. For eg openberrar meg i skya over soningsstaden. Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein ver til brennoffer. Han skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, ta på seg ei linbukse nærast kroppen, spenna eit linbelte om livet og binda eit linplagg om hovudet. Dette er dei heilage kleda. Før han tek dei på seg, skal han lauga lekamen sin. Av Israels-lyden skal han få to bukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer. Så skal Aron leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og huslyden sin. Og han skal ta dei to bukkane og leia dei fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra. Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel. Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og ofra som syndoffer. Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens åsyn, så dei kan gjera soning med han, og så skal han sendast ut i øydemarka til Asasel. Når Aron leier fram sin eigen syndofferokse og gjer soning for seg og huslyden sin, skal han slakta oksen. Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret, som står for Herrens åsyn, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget. Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden, som er over lovtavlene; elles må han døy. Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren på framsida av soningsstaden, og framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren. Så skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Med det skal han gjera som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden. Såleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinsa han for ureinskapen som israelittane har ført over han med alle sine brot og synder. Det same skal han gjera med møteteltet, som er reist hjå dei midt i ureinskapen deira. Det må ikkje finnast noko menneske i møteteltet frå Aron går inn og gjer soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Såleis skal han gjera soning for seg og huslyden sin og for heile Israelslyden. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens åsyn, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt ikring på altarhorna. Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren og reinsa det for ureinskapen åt israelittane og vigsla det. Når Aron har fullført soninga for heilagdomen, møteteltet og altaret, skal han leia fram den levande bukken. Han skal leggja begge hendene på hovudet hans og skrifta over han alle dei misgjerningar, brot og synder som israelittane har gjort, og leggja dei på hovudet åt bukken. Så skal han senda han ut i øydemarka med ein mann som står ferdig. Bukken skal bera alle syndene deira med seg ut i villmarka, og mannen skal sleppa han der i øydemarka. Så skal Aron gå inn i møteteltet og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der. Han skal lauga lekamen sin på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og ofra brennofferet for seg og brennofferet for folket. Såleis skal han gjera soning for seg og for folket. Feittet av syndofferet skal han brenna på altaret. Den mannen som leidde bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og lauga seg. Så kan han få koma inn i leiren. Syndofferoksen og syndofferbukken, som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til soning, skal førast ut or leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast. Den som brenner det, skal vaska kleda sine og lauga seg. Så kan han koma inn i leiren. Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren som bur mellom dykk. For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren. Ein høgheilag sabbat skal de halda, og då skal de fasta. Det er ei evig lov. Den presten som vert salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda, og gjera soning for Det høgheilage og for møteteltet og altaret, og han skal gjera soning for prestane og for heile folket som er samla. Dette skal vera ei evig lov for dykk: Ein gong om året skal det gjerast soning for syndene åt israelittane. Aron gjorde som Herren hadde sagt Moses føre. Herren tala til Moses og sa: Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Dette har Herren sagt: Når ein mann av Israelsætta slaktar ein okse, ein sau eller ei geit anten i eller utanfor leiren, og ikkje leier dyret fram til møteteltdøra og ofrar Herren ei gåve framfor Herrens bustad, då skal det reknast for blodskuld. Den mannen har rent ut blod; han skal rydjast ut or folket sitt. Difor skal israelittane koma til Herren med slaktoffera sine som dei plar ofra ute på marka, og føra dei fram til møteteltdøra, til presten, og ofra dei som måltidsoffer til Herren. Presten skal skvetta blodet på Herrens altar, som står attmed møteteltdøra, og brenna feittet til godange for Herren. Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til dei vonde åndene, som dei driv avgudsdyrking med. Dette skal vera ei evig lov for dei, frå ætt til ætt. Du skal seia til dei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, ber fram eit brennoffer eller slaktoffer og ikkje kjem til møteteltdøra med det og ofrar det til Herren, då skal mannen rydjast ut or ætta si. Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans. For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod. Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut. Har nokon, anten han er fødd i landet eller han er innflyttar, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal han vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Då vert han rein att. Dersom han ikkje vaskar kleda sine og laugar seg, fører han skuld over seg. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje fara åt som folket i Egypt, der de har butt, eller som dei gjer i Kanaan, det landet eg fører dykk til. De skal ikkje fylgja skikkane deira. Mine lover skal de halda, og mine føresegner skal de akta på, så de fylgjer dei. Eg er Herren dykkar Gud. De skal halda føresegnene og lovene mine. Det mennesket som rettar seg etter dei, skal leva ved dei. Eg er Herren. Ingen av dykk må røra ei nærskyld kvinne og liggja med henne. Eg er Herren. Du skal ikkje liggja med mor di og såleis vanæra far din. Ho er mor di; du skal ikkje liggja med henne. Du skal ikkje liggja med stykmor di; ho høyrer far din til. Du skal ikkje liggja med syster di, som har same far eller same mor som du. Anten ho er fødd heime eller ute, skal du ikkje liggja med henne. Du skal ikkje liggja med sonedotter eller dotterdotter di; for såleis fører du skam over deg sjølv. Du skal ikkje liggja med dotter til stykmor di som er dotter til far din òg; ho er syster di. Du skal ikkje liggja med syster til far din; ho er i nær slekt med far din. Du skal ikkje liggja med syster til mor di; ho står mor di for nær. Du skal ikkje liggja med kona til farbror din; henne må du ikkje koma for nær. Ho er tanta di. Du skal ikkje liggja med verdotter di. Ho er kona til son din; du skal ikkje liggja med henne. Du skal ikkje liggja med kona til bror din; ho høyrer bror din til. Du skal ikkje liggja med ei kvinne og dotter hennar. Heller ikkje skal du ta sonedotter eller dotterdotter hennar og liggja med dei; dei er i nær slekt med henne. Det er skamlaus ferd. Du skal ikkje gifta deg med syster til kona di og liggja med henne medan kona di lever; for då skaper du strid mellom dei. Du skal ikkje gå til ei kvinne og liggja med henne når ho har månadstida si og er urein. Du skal ikkje liggja med kona til ein landsmann og såleis gjera deg urein. Du skal ikkje gje nokon av borna dine til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet åt din Gud. Eg er Herren. Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom. Du skal aldri ha omgang med dyr; for då vert du urein. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er stygg åtferd. Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For med alt dette har dei gjort seg ureine, dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk. Landet har vorte ureint, og eg vil straffa det for synda, så det spyr ut dei som bur der. Men de, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der, skal halda føresegnene og lovene mine og ikkje gjera noka av desse avskyelege gjerningane – for alle desse stygge gjerningane gjorde dei som budde i landet før dykk, og landet vart ureint. Elles kjem landet til å spy dykk ut, fordi de gjer det ureint, liksom det har spytt ut det folket som var der før dykk. For alle som gjer slike stygge gjerningar, alle som finn på slikt, skal rydjast ut or folket sitt. Så hald dykk då etter det som eg har fastsett, og fylg ikkje nokon av dei skamlause skikkane som dei har fylgt før dykk! Gjer dykk ikkje ureine med dei! Eg er Herren dykkar Gud. Herren tala til Moses og sa: Sei til heile Israels-lyden: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag. Kvar og ein av dykk skal ha age for mor si og far sin. De skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud. Når de vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal de gjera det såleis at han kan ha hugnad i dykk. Same dagen som de ofrar, skal de eta kjøtet, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast. Et nokon av offeret den tredje dagen, er det ein styggedom, og Herren tek ikkje imot han. Den som et det då, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var vigt til Herren. Han skal rydjast ut or ætta si. Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp. Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller henta opp dei som er neddotne. Dei skal du la vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje stela og lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmennene dykkar. De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren. Du skal ikkje rana og røva noko frå nesten din. Du skal ikkje la ein leigekars løn liggja natta over hjå deg. Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja stein i vegen for den som er blind. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren. De skal ikkje gjera urett når de sit til doms. Du skal ikkje halda med nokon fordi han er fattig, og ikkje gje nokon rett fordi han er mektig. Rettferdig skal du døma landsmannen din. Du skal ikkje gå ikring og baktala skyldfolket ditt. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren. Du skal ikkje bera hat til bror din i hjarta. Men du skal tala landsmannen din til rettes, så du ikkje for hans skuld fører synd over deg. Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren. De skal halda føresegnene mine: Du skal ikkje la to dyr av ulikt slag i buskapen din para seg. Du skal ikkje så to slag sæde i åkeren din. Klede som er vovne av to slag garn, skal du ikkje ha på deg. Når ein mann går til sengs med ei kvinne og ligg med henne, og ho er ei trælkvinne som er fest til ein annan mann, men enno ikkje er utløyst eller frigjeven, då skal dei straffast. Men dei skal ikkje bøta med livet, fordi ho ikkje er ei fri kvinne. Men mannen skal koma til møteteltdøra med ein ver; det er skuldofferet hans til Herren. Med denne veren skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda si. Når de kjem inn i landet og plantar allslags frukttre, skal de halda den fyrste frukta dei ber, for urein. I tre år skal trea vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukta av dei. Det fjerde året skal all frukt viast til Herren på ei gledehøgtid. Fyrst i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje eta noko med blodet i. De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding. De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane. De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren. Du skal ikkje vanhelga dotter di og la henne verta skjøkje. For då vert folket usedeleg og landet fullt av skamløyse. De skal halda sabbatsdagane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren. De skal ikkje venda dykk til gjengangarar og spådomsånder og spørja dei til råds, så de vert ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud. Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren. Når ein innflyttar bur i landet hjå dykk, skal de ikkje vera harde mot han. Han skal vera som ein landsmann for dykk. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømer, når de brukar lengdemål, vekt eller holmål. Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt. Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Eg er Herren. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Dersom ein israelitt eller ein innflyttar i Israel gjev eit av borna sine til Molok, skal han døy. Folket i landet skal steina han. Eg vil venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket, fordi han har gjeve barnet sitt til Molok og gjort heilagdomen min urein og vanhelga mitt heilage namn. Dersom folket i landet lèt att augo for denne mannen som gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep han, vil eg venda meg mot han og ætta hans. Eg vil rydja han ut or folket, både han og alle dei som fylgjer i fotefaret hans og dyrkar Molok. Når nokon vender seg til gjengangarar og spådomsånder og i truløyse held seg til dei, vil eg venda meg mot han og rydja han ut or folket. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud. Gjev akt på føresegnene mine og lev etter dei! Eg er Herren, som helgar dykk. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy. Han har forbanna foreldra sine, og det kviler blodskuld på han. Når ein mann driv hor med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen og kvinna som har brote ekteskapet. Den som ligg med kona til far sin, vanærar far sin. Dei skal begge døy; det kviler blodskuld på dei. Når ein mann ligg med sonekona si, skal dei begge døy. Dei har gjort ei stygg gjerning; det kviler blodskuld på dei. Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har dei begge gjort ei stygg gjerning. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei. Når ein mann tek ei kvinne og mor hennar til kone, er det skamlaus ferd. Dei skal brennast, både han og kvinnene. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk. Ein mann som har omgang med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa. Når ei kvinne går til eit dyr og parar seg med det, skal du drepa både kvinna og dyret. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei. Når ein mann gifter seg med syster si, som har same far eller same mor som han, og dei har sett kvarandre nakne, då er det ei skam, og dei skal rydjast ut for augo på landsmennene sine. Han har lege med syster si og ført skuld over seg. Den som går til sengs med ei kvinne som har månadstida si og ligg med henne, han har teke dekket av kjelda hennar, og ho har vist fram blodkjelda si. Dei skal begge rydjast ut or folket sitt. Du skal ikkje liggja med syster til mor di eller far din. Den som det gjer, vanærar si eiga ætt. Dei fører skuld over seg. Den som ligg med kona til farbror sin, vanærar farbror sin. Dei fører synd over seg og skal døy barnlause. Når ein mann gifter seg med kona til bror sin, er det ei skamleg gjerning. Han vanærar bror sin; dei skal ikkje få born. Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Då skal de ikkje verta utspydde or det landet som eg vil føra dykk til og la dykk bu i. Fylg ikkje skikkane åt dei folkeslaga som eg driv ut for dykk! Dei gjer alt dette, og difor har eg avsky for dei. Men til dykk har eg sagt: De skal ta landet frå dei, eit land som fløymer med mjølk og honning. Eg vil la dykk få det til eige. Eg er Herren dykkar Gud, som har skilt dykk ut frå dei andre folka. Difor skal de skilja mellom reine og ureine dyr og mellom ureine og reine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve avskyelege med å eta dei dyra eller fuglane eller krypdyra som eg har skilt ut og sagt at de skal halda for ureine. De skal vera heilage for meg, for eg, Herren, er heilag, og eg har skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, så de skal høyra meg til. Når ein mann eller ei kvinne har ei daudingånd eller ei spådomsånd i seg, skal dei døy. Dei skal steinast; det kviler blodskuld på dei. Herren sa til Moses: Sei til prestane, Arons-sønene: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra eit lik, utan at det er ein av dei næraste slektningane hans, anten mor, far, son, dotter eller bror. Med ei ung syster som ikkje er gift og difor står han nær, kan han òg gjera seg urein. Han må ikkje gjera seg urein i sitt ektestand, så han misser vigsla si mellom landsmennene sine. Prestane skal ikkje klyppa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen. Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet hans, for dei ber fram Herrens eldoffer, mat åt sin Gud. Difor skal dei vera heilage. Ingen av dei må gifta seg med ei skjøkje eller ei kvinne som er vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som mannen har skilt seg frå; for presten er vigd til sin Gud. Og du skal halda han heilag; han ber fram mat åt din Gud. Han skal vera heilag for deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk. Når ei prestedotter vanhelgar seg med skjøkjelivnad, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast. Den som er øvsteprest mellom brørne sine og har fått salvingsoljen på hovudet sitt, er innsett i embetet og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda. Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong ved far sin eller mor si må han gjera seg urein. Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han har den vigsla som han fekk med sin Guds salvingsolje. Eg er Herren. Den kvinna han gifter seg med, må vera møy; han må korkje ta ei enkje, ei kvinne som er fråskild eller vanæra, eller ei skjøkje. Berre ei møy av sitt eige folk skal han ta til kone, så han ikkje skal vanhelga etterkomarane i ætta. For eg er Herren, som helgar han. Herren tala til Moses og sa: Sei til Aron: Ingen av etterkomarane dine som har eit lyte, skal no eller sidan koma og bera fram mat åt sin Gud. Ingen som har eit lyte, skal stiga fram: ingen som er blind eller halt, ingen som har eit lyte i andletet eller ein vanskapt lem, ingen som har ein broten fot eller arm, ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller noko anna utslett, og ingen som er skadd i pungen. Ingen etterkomar av presten Aron, som har eit lyte, skal koma og bera fram Herrens eldoffer. Fordi han har eit lyte, skal han ikkje koma og bera fram mat åt sin Gud. Han kan få eta maten åt sin Gud, både av dei høgheilage og av dei heilage gåvene. Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har eit lyte; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei. Dette sa Moses til Aron og sønene hans og til alle israelittane. Herren tala til Moses og sa: Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren. Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, no eller i framtida, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han rydjast ut frå mitt åsyn. Eg er Herren. Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå, eller den som kjem nær noko krypdyr som ein vert urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis vert urein av. Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har lauga seg. Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans. Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då vert han urein. Eg er Herren. Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje fører synd over seg og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei. Ingen uvedkomande skal eta det som er heilagt. Den som held til hjå presten eller er leigekar hjå han, skal ikkje smaka det. Men når ein prest kjøper ein træl for pengar, då kan trælen eta av det heilage. Like eins kan dei som er fødde i huset hans, eta av maten hans. Når ei prestedotter gifter seg med ein mann som ikkje er av presteætt, må ho ikkje eta av dei heilage gåvene. Men vert ho enkje eller skild frå mannen sin og ikkje har born, og ho så kjem attende til farshuset sitt, då kan ho eta av maten åt far sin liksom i ungdomen. Men ingen uvedkomande må eta av den maten. Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han gje presten vederlag og leggja til ein femtedel. Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren, og såleis føra synd og skuld over folket, når dei et dei heilage gåvene deira. For eg er Herren, som helgar dei. Herren tala til Moses og sa: Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane i Israel ber fram eit offer, anten det er eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer dei ber fram for Herren som brennoffer, då må de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk: Det skal vera ein lytelaus okse, ver eller bukk. Noko som det er lyte på, må de ikkje ofra; for då har Herren ikkje hugnad i dykk. Når nokon ber fram for Herren eit måltidsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer, då må det vera eit lytelaust dyr, om Herren skal ha hugnad i han. Det må ikkje finnast lyte på det. De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av verkjesår, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja eldoffer av slike dyr på altaret for Herren. Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som friviljug offer, men som lovnadsoffer tekkjest dei ikkje Herren. Dyr som er gjelde, anten pungen er klemd eller knust, riven eller skoren, skal de ikkje bera fram for Herren. Slike dyr må de ikkje ofra i dykkar land. Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat åt dykkar Gud. Dei er skadde; det er lyte på dei. For deira skuld tek Herren ikkje imot dykk. Herren tala til Moses og sa: Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen vil dei tekkjast Herren når de ber dei fram som eldoffer til han. De skal ikkje slakta ei ku og kalven hennar eller ein sau og lammet hans same dagen. Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk. De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det verta liggjande til morgons. Eg er Herren. Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren. Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg vil verta helga mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk. Det var eg som førte dykk ut or Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Dette er Herrens høgtider, mine fastsette tider, då de skal lysa ut heilage samlingar. Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal vera full kviledag med heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera sabbat for Herren alle stader der de bur. Dette er Herrens høgtider, dei heilage samlingane som de til fastsette tider skal ropa ut. Den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad, er det påske for Herren. Og den femtande dagen i same månaden er det usyrdebrødshelg for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Alle sju dagane skal de bera fram eldoffer for Herren. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det fyrste kornbandet de har skore. Han skal svinga det for Herrens åsyn, så Herren kan ha hugnad i dykk. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet. Same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt, lytelaust lam som brennoffer til Herren og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels efa kveitemjøl med olje i; då er det eit eldoffer til godange for Herren. Til det kjem drikkofferet, ein fjerdedels hin vin. De skal ikkje eta brød og ikkje steikt eller friskt korn før den dagen de ber fram gåva åt dykkar Gud. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur. Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker. Femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande sabbaten. Då skal de bera fram for Herren ei offergåve av den nye grøda. De skal ta med heimanfrå to brød som skal svingast. Dei skal lagast av to tiandedels efa kveitemjøl og bakast med surdeig. Det er fyrstegrøda, som høyrer Herren til. Attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle, lytelause lam, ein ung okse og to verar – dei skal vera brennoffer for Herren – og grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Det er eit eldoffer til godange for Herren. Så skal de ofra ein bukk som syndoffer og to årsgamle verlam som måltidsoffer. Presten skal svinga dei for Herrens åsyn saman med brøda av fyrstegrøda og to lam. Dei skal vera vigde til Herren og høyra presten til. Same dagen skal de ropa ut ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur. Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram eldoffer for Herren. Herren tala til Moses og sa: Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag. Då skal de halda ei heilag samling, fasta og bera fram eldoffer for Herren. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk framfor Herren dykkar Guds åsyn. Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt. Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg tyna midt imellom folket hans. De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur. De skal ha full kviledag, og de skal fasta. Frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda sabbatskvild. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar. Den fyrste dagen skal det vera ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Sju dagar skal de bera fram eldoffer for Herren. Den åttande dagen skal de halda ei heilag samling og bera fram eldoffer for Herren. Då er det høgtidssamling, og de må ikkje gjera noko arbeid. Dette er Herrens høgtider, då de skal ropa ut heilage samlingar og bera fram eldoffer for Herren, brennoffer og grødeoffer, slaktoffer og drikkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til. Til dette kjem Herrens sabbatar og dei gåvene, lovnadsoffera og friviljuge offera som de gjev Herren. Frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet, skal de halda Herrens helg i sju dagar. Den fyrste dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag. Den fyrste dagen skal de ta frukter av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og poplar som veks attmed bekkene, og gleda dykk i sju dagar framfor Herren dykkar Guds åsyn. Såleis skal de kvart år halda høgtid for Herren i sju dagar. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda denne høgtida. Då skal de bu i lauvhytter i sju dagar. Alle som er fødde og fostra i Israel, skal bu i lauvhytter, så etterkomarane dykkar skal vita at eg lét israelittane bu i hytter då eg førte dei ut or Egypt. Eg er Herren dykkar Gud. Moses kunngjorde Herrens høgtider for israelittane. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane at dei skal koma med rein olje av knust oliven til ljosestaken, så det kan setjast opp lamper til kvar tid! I møteteltet, utanfor forhenget som er framfor lovkista, skal Aron stadig stella lampene, så dei kan brenna for Herrens åsyn frå kveld til morgon. Det skal vera ei evig lov for dykk i ætt etter ætt. Seint og tidleg skal han stella lampene på gull-ljosestaken som står for Herrens åsyn. Så skal du ta kveitemjøl og baka tolv kaker. I kvar kake skal det vera to tiandedels efa. Og du skal leggja dei i to rader, seks i kvar rad, på gullbordet for Herrens åsyn. På kvar rad skal du leggja rein røykjelse. Det skal vera eit påminningsoffer for brøda, eit eldoffer for Herren. Kvar sabbatsdag skal brødet leggjast fram for Herrens åsyn som ei gåve frå israelittane. Det er ei evig pakt. Brøda høyrer Aron og sønene hans til, og dei skal eta dei på ein heilag stad. Dei er høgheilage og er hans del av Herrens eldoffer. Det er ein evig rett. Ein mann som hadde ei israelittisk kvinne til mor og ein egyptar til far, gjekk ein gong ut mellom israelittane. I leiren kom han i trette med ein israelitt, og son til den israelittiske kvinna spotta Herrens namn og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibris av Dans-ætta. Dei sette han fast til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren. Og Herren sa til Moses: Før spottaren ut or leiren! Alle som høyrde spottorda, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile lyden skal steina han. Så skal du seia til israelittane: Den som forbannar sin Gud, fører synd over seg. Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han steinast når han spottar Herrens namn. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy. Den som slår i hel eit dyr, skal gje vederlag for det, liv for liv. Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort: brot for brot, auga for auga, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få. Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy. Same retten skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud. Dette sa Moses til israelittane, og dei førte spottaren ut or leiren og steina han. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt til Moses. Herren tala til Moses på Sinai-fjellet og sa: Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet ha ei sabbatskvild for Herren. Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vintrea dine og samla inn grøda i landet. Men i det sjuande året skal det vera full kvile for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller stella vintrea dine. Du skal ikkje skjera korn som har sått seg sjølv etter at du har hausta, og du skal ikkje plukka druer på eit ustelt vintre. Det skal vera sabbatsår for landet. Det som veks i landet det året, skal vera til føde for dykk, for deg og tenaren din og tenestkvinna di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg. Buskapen din og dei ville dyra som er i landet, skal òg eta av grøda der. Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år. Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet. De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt. Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka. I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom. Når du sel jord til landsmannen din eller kjøper jord av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre. Du skal betala han, alt etter kor mange år det har gått sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på dei åra du kan hausta grøda. Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg. De skal ikkje gjera urett mot kvarandre; men du skal ha age for din Gud. For eg er Herren dykkar Gud. Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet. Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt. Og dersom de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året, når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?» – då skal de vita at eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år. Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til grøda kjem det niande året, skal de ha gamalt korn å eta. Jorda må ikkje seljast for alltid. For landet er mitt, og de er framande og gjester hjå meg. Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord. Når det går ut for bror din, og han må selja noko av odelsjorda si, skal næraste frenden, løysingsmannen hans, koma og løysa inn det som broren har selt. Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen, skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake. Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren. Når nokon sel eit stovehus i ein by som det er murar ikring, gjeld løysingsretten berre for ei tid; det fyrste året etter salet har han rett til å løysa inn huset. Men vert det ikkje innløyst før eit heilt år er til ende, skal huset, så sant det ligg i ein by med murar ikring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for godt. Det vert ikkje fritt i frigjevingsåret. Men husa i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret vert dei frie. Gjeld det hus i dei byane som høyrer levittane til, varer løysingsretten for alle tider. Når nokon av levittane ikkje løyser inn det huset han har selt i ein by som dei eig, vert det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane. Beitemarkene kring byane deira må ikkje seljast; dei er deira odel for alle tider. Når det går ut for bror din, og han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hjå deg. Du må ikkje ta rente av han eller krevja ein større sum tilbake; du skal ha age for din Gud, så bror din kan leva hjå deg. Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att. Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut or Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud. Når bror din vert fattig og må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera trælearbeid. Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret. Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, og fara heim att til ætt og fedregard. For dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel trælar. Du må ikkje vera hard med han; du skal ha age for din Gud. Vil du få deg trælar eller trælkvinner, skal de kjøpa dei av dei folka som bur rundt ikring dykk. Like eins kan de kjøpa trælar av dei framande som held til hjå dykk, og av etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar. Dei kan de eiga, og de kan la dei gå i arv til borna dykkar, så dei kan eiga dei. De kan bruka dei til trælar så lenge de vil. Men over brørne dine, israelittane, skal du ikkje gjera deg til herre. Bror skal ikkje vera hard med bror. Når ein innflyttar eller framand hjå deg kjem til velstand, medan bror din som bur nær han, vert så fattig at han må selja seg til innflyttaren eller den framande som held til hjå deg, eller til ein som er runnen av framand rot, då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans må då løysa han ut, eller farbroren eller eit syskenbarn eller ein annan av dei næraste slektningane i ætta. Får han råd, kan han gjera det sjølv. Då skal han saman med den som har kjøpt han, rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han. Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri. Og er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra. Han skal vera som ein leigekar som arbeider hjå han år for år. Du må ikkje tola at han driv han for hardt. Men vert han ikkje lauskjøpt på denne måten, så vert han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans. For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt. Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje laga dykk avgudar, ikkje reisa gudebilete eller steinstøtter og ikkje setja biletsteinar i landet dykkar og tilbe dei. For eg er Herren dykkar Gud. Sabbatane mine skal de halda, og heilagdomen min skal de ha age for. Eg er Herren. Dersom de lever etter føresegnene mine og gjev akt på boda mine og held dei, vil eg senda dykk regn i rett tid. Jorda skal gje grøde og trea på marka frukt. Treskjetida skal vara heilt til vinhausten, og vinhausten skal vara til kornet vert sått. De skal eta dykk mette av eige brød og bu trygt i landet dykkar. Eg vil gje fred i landet. De skal få liggja i ro, og ingen skal skræma dykk. Udyra vil eg rydja ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar. De skal forfylgja fiendane, og dei skal falla for sverdet dykkar. Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverdet dykkar. Eg vil venda meg til dykk og la dykk veksa og aukast; eg vil halda mi pakt med dykk. De skal eta fjorgamalt korn heilt til de må rydja det bort så de får plass til det nye. Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha motvilje mot dykk. Midt imellom dykk vil eg ferdast. Eg vil vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt, så de ikkje skulle træla der lenger. Eg braut sund stengene i åket dykkar, så de kunne gå rake. Men vil de ikkje høyra på meg og halda alle desse boda, vanvørder de føresegnene mine og viser motvilje mot lovene mine, så de ikkje held alle boda mine, men bryt mi pakt, då gjer eg like eins mot dykk: Eg straffar dykk med redsler, med tæring og feber, så augo sloknar og livskrafta kverv. Til inga nytte skal de så; for fiendar et det de avlar. Eg vender meg mot dykk, og de skal liggja under for fiendane. Dei som hatar dykk, skal rå over dykk, og de skal røma om ingen er etter dykk. Og vil de endå ikkje høyra på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. Eg bryt dykkar stolte makt. Himmelen over dykk gjer eg tett som jern og jorda under dykk hard som bronse. Til inga nytte skal de slita dykk ut; for landet gjev ikkje grøde, og trea på marka ber ikkje frukt. Og set de dykk endå opp mot meg og ikkje vil høyra på meg, slår eg dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. Eg sender villdyr mot dykk. Dei skal røva borna dykkar, drepa feet og gjera dykk få i talet, så vegane i landet vert aude. Og lèt de dykk endå ikkje tukta, men set dykk opp mot meg, vil eg òg setja meg opp mot dykk og slå dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. Eg sender mot dykk eit sverd som hemner paktbrotet. Og rømer de til byane, sender eg pest inn imellom dykk, og de skal falla i fiendehand. Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette. Dersom de endå ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg, vil eg verta vreid og setja meg opp mot dykk og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. Då vert de nøydde til å eta kjøtet av sønene og døtrene dykkar. Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei stygge, livlause avgudane dykkar; for de byd meg imot. Eg gjer byane dykkar til ei øydemark og legg heilagdomane i røys og bryr meg ikkje om angen som stig opp frå offera dykkar. Eg gjer landet så audt at fiendane som bur der, vert fælne. Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfylgja dykk. Landet dykkar skal verta ei øydemark og byane ein grushaug. Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra sine. Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der. Og dei av dykk som er att, vil eg gjera så redde der ute i fiendelandet at lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal røma som ein rømer for sverdet, og falla om ingen er etter dei. I redsle for sverdet skal dei snåva og falla, den eine over den andre, endå ingen forfylgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden, men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal gjera ende på dykk. Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet, fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda. Då skal dei sanna misgjerningane sine og misgjerningane åt fedrane, at dei var trulause og sette seg opp mot meg. Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjarta deira bøya seg, og dei skal få bøta for misgjerningane sine. Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet vil eg òg koma i hug. Men dei må fyrst fara bort frå landet, så det kan ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld, fordi dei vanvørde lovene mine og viste motvilje mot føresegnene mine. Men jamvel då, når dei er i fiendelandet, vil eg ikkje støyta dei bort og visa motvilje mot dei. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud. Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med fedrane, som eg førte ut or Egypt midt for augo på folkeslaga, fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren. Dette er dei føresegner, bod og lover som Herren sette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet og lét Moses kunngjera for dei. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane: Når nokon gjev ein høgtideleg lovnad om å via eit menneske til Herren, skal løysingssummen fastsetjast såleis: Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal verdsetjast til femti sekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Ei kvinne skal verdsetjast til tretti sekel. Eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdsetjast til tjue sekel dersom det er ein gut, og til ti dersom det er ei jente. Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien på ein gut vera fem sekel sølv og på ei jente tre sekel sølv. Dei som er seksti år eller meir, skal verdsetjast til femten sekel dersom det er menn, og til ti sekel dersom det er kvinner. Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien etter det han har råd til, han som gav lovnaden. Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt. Ein må ikkje byta det eller gje eit anna dyr i staden, korkje eit godt for eit ringt eller eit ringt for eit godt. Byter ein likevel eit dyr i eit anna, skal dei begge reknast for heilage. Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten. Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha. Vil eigaren løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Når nokon vier huset sitt til Herren, skal presten verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal stå ved lag. Vil den som har vigt huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då vert det hans. Når nokon vier eit stykke av odelsjorda si til Herren, rettar verdien seg etter mengda av såkorn: til ein homer bygg svarar femti sekel sølv. Vier han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut. Men er det etter frigjevingsåret han vier jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned. Vil den som har vigt eit stykke jord, løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt. Men løyser han ikkje jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir. Når det vert fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigt til Herren, liksom bannlyst jord. Presten skal få det i eige. Når nokon kjøper eit jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, og vier det til Herren, skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren. I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten. All verdsetjing skal vera i den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. Det som er fyrstefødt i buskapen, må ingen via. Fordi det er fyrstefødt, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til. Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Vert dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien. Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til. Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal drepast. All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren. Vil ein mann løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel. All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjætarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigt til Herren. Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Vert det bytt i eit anna, skal begge dyra vera heilage, og dei kan ikkje løysast. Dette er dei bod som Herren gav Moses på Sinai-fjellet og baud han kunngjera for israelittane. Den fyrste dagen i den andre månaden året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, medan dei var i Sinai-øydemarka, tala Herren til Moses i møteteltet. Han sa: Hald manntal over heile Israels-folket, kvar ætt og kvar ættgrein for seg, og skriv opp namna på alle menn, eitt for eitt. Du og Aron skal mønstra alle våpenføre menn i Israel som er tjue år eller meir, kvar flokk for seg. De skal ta med dykk ein mann for kvar ætt, han som er hovding over greinene i ætta. Dette er namna på dei mennene som skal hjelpa dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede’ur; frå Simeon: Sjelumiel, son til Surisjaddai; frå Juda: Naksjon, son til Amminadab; frå Jissakar: Netanel, son til Suar; frå Sebulon: Eliab, son til Helon; frå Josefs-sønene: Elisjama, son til Ammihud, for Efraim, og Gamliel, son til Pedasur, for Manasse; frå Benjamin: Abidan, son til Gidoni; frå Dan: Akieser, son til Ammisjaddai; frå Asjer: Pagiel, son til Okran; frå Gad: Eljasaf, son til De’uel; frå Naftali: Akira, son til Enan. Dette er dei mennene som folket har valt, leiarane for dei ættene som fedrane deira tilhøyrde, ættehovdingane i Israel. Moses og Aron tok med seg desse mennene som er nemnde med namn. Så kalla dei heile folket saman, den fyrste dagen i den andre månaden. Dei vart innførte i listene over ætter og ættgreiner; alle som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein. Såleis mønstra Moses folket i Sinai-øydemarka, som Herren hadde sagt. Etterkomarane etter Ruben, eldste son til Israel, vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein. 46 500 vart mønstra i Rubens-ætta. Etterkomarane etter Simeon vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein. 59 300 vart mønstra i Simeons-ætta. Etterkomarane etter Gad vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 45 650 vart mønstra i Gads-ætta. Etterkomarane etter Juda vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 74 600 vart mønstra i Juda-ætta. Etterkomarane etter Jissakar vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 54 400 vart mønstra i Jissakars-ætta. Etterkomarane etter Sebulon vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 57 400 vart mønstra i Sebulons-ætta. Etterkomarane etter Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 40 500 vart mønstra i Efraims-ætta. Etterkomarane etter Manasse vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 32 200 vart mønstra i Manasse-ætta. Etterkomarane etter Benjamin vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 35 400 vart mønstra i Benjamins-ætta. Etterkomarane etter Dan vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 62 700 vart mønstra i Dans-ætta. Etterkomarane etter Asjer vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 41 500 vart mønstra i Asjers-ætta. Etterkomarane etter Naftali vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 53 400 vart mønstra i Naftali-ætta. Dette var dei som vart mønstra av Moses og Aron og Israels hovdingar. Hovdingane var tolv i talet, ein for kvar ætt. Alle israelittane vart mønstra, kvar ættgrein for seg, alle våpenføre menn som var tjue år eller meir. Det var i alt 603 550 som vart mønstra. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre ættene. For Herren sa til Moses: Berre Leviætta skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje ta med i manntalet saman med dei andre israelittane. Men set levittane til å ha tilsyn med lovteltet, med alle tinga der og alt som elles høyrer til. Dei skal bera teltet og all bunaden som er i det. Dei skal gjera teneste i teltet og liggja i leir kring det. Når teltet skal flyttast, skal levittane ta det ned. Og når det skal reisast, skal levittane setja det opp. Kjem nokon annan nær det, må han døy. Israelittane skal halda seg i kvar sin leir, under kvar si fane og i kvar sin flokk. Men levittane skal liggja i leir kring lovteltet, så Guds vreide ikkje skal koma over Israels-folket. Og levittane skal ta seg av tenesta i lovteltet. Israelittane gjorde alt dette så som Herren hadde sagt Moses føre. Herren sa til Moses og Aron: Israelittane skal liggja i leir, kvar under si fane og sitt ættemerke. Leiren skal vera kring møteteltet, eit stykke frå det. På framsida, mot aust, skal Juda-hæren liggja, flokk for flokk. Naksjon, son til Amminadab, er hovding over Juda-sønene, og 74 600 er mønstra i fylkinga hans. Attmed dei skal Jissakars-ætta liggja. Netanel, son til Suar, er hovding over Jissakars-sønene, og 54 400 er mønstra i fylkinga hans. Så kjem Sebulons-ætta. Eliab, son til Helon, er hovding over Sebulons-sønene, og 57 400 er mønstra i fylkinga hans. Dei som er mønstra i Juda-hæren, flokk for flokk, er 186 400. Det er den fyrste fylkinga som skal ta ut. Mot sør skal Rubens-hæren liggja, flokk for flokk. Elisur, son til Sjede’ur, er hovding over Rubens-sønene, og 46 500 er mønstra i fylkinga hans. Attmed dei skal Simeons-ætta liggja. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er hovding over Simeons-sønene, og 59 300 er mønstra i fylkinga hans. Så kjem Gads-ætta. Eljasaf, son til De’uel, er hovding over Gads-sønene, og 45 650 er mønstra i fylkinga hans. Dei som er mønstra i Rubens-hæren, flokk for flokk, er i alt 151 450. Det er den andre fylkinga som skal ta ut. Så skal levitt-hæren, midt imellom dei andre, ta ut med møteteltet. Etter som dei har lege i leir, skal dei fara i veg, kvar mann på sin stad og under si fane. Mot vest skal Efraims-hæren liggja, flokk for flokk. Elisjama, son til Ammihud, er hovding over Efraims-sønene, og 40 500 er mønstra i fylkinga hans. Attmed dei kjem Manasse-ætta. Gamliel, son til Pedasur, er hovding over Manasse-sønene, og 32 200 er mønstra i fylkinga hans. Så kjem Benjamins-ætta. Abidan, son til Gidoni, er hovding over Benjamins-sønene, og 35 400 er mønstra i fylkinga hans. Dei som er mønstra i Efraims-hæren, flokk for flokk, er i alt 108 100. Det er den tredje fylkinga som skal ta ut. Mot nord skal Dans-hæren liggja, flokk for flokk. Akieser, son til Ammisjaddai, er hovding over Dans-sønene, og 62 700 er mønstra i fylkinga hans. Attmed dei skal Asjers-ætta liggja. Pagiel, son til Okran, er hovding over Asjers-sønene, og 41 500 er mønstra i fylkinga hans. Så kjem Naftali-ætta. Akira, son til Enan, er hovding over Naftali-sønene, og 53 400 er mønstra i fylkinga hans. Dei som er mønstra i Dans-hæren, er i alt 157 600. Det er den siste fylkinga som skal ta ut, under fanene sine. Dette var dei israelittane som vart mønstra, kvar i si ættgrein. Talet på alle dei som vart mønstra i hærane, flokk for flokk, var 603 550. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane. Som Herren hadde sagt Moses føre, så gjorde israelittane. Dei slo leir, kvar under si fane, og dei tok i veg, kvar i si ætt og si ættgrein, heilt og fullt som Herren hadde sagt Moses føre. Dette er ætta åt Aron og Moses, som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinai-fjellet. Aron hadde desse sønene: Den eldste heitte Nadab; så kom Abihu, Elasar og Itamar. Det er namna på Arons-sønene, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste. Nadab og Abihu døydde i Sinai-øydemarka medan dei stod for Herrens åsyn; for dei hadde bore uvigsla eld fram for han. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin. Herren sa til Moses: Lat Levi-ætta koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han! Dei skal gjera teneste framfor møteteltet både for Aron og for heile Israels-lyden og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen. Dei skal ta vare på alt det som høyrer til i møteteltet. Såleis skal dei tena israelittane og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen. Gjev levittane over til Aron og sønene hans. Dei er dei einaste av israelittane som skal gjevast over til han. Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem nokon annan nær det heilage, skal han døy. Så sa Herren til Moses: Sjå, levittane har eg teke ut mellom israelittane i staden for alle fyrstefødde i Israel, dei som kjem fyrst frå mors liv. Og levittane skal høyra meg til. For eg skal ha alt fyrstefødt. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, fastsette eg at alt fyrstefødt i Israel, både av menneske og dyr, skal viast til meg. Det skal høyra meg til. Eg er Herren. Herren tala atter til Moses i Sinai-øydemarka og sa: «Du skal mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, skal du mønstra.» Så mønstra Moses dei på Herrens ord, som han var føresagd. Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari. Sønene til Gersjon og ættene deira heitte Libni og Sjimi. Sønene til Kehat og ættene deira var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Sønene til Merari og ættene deira var Makli og Musji. Dette er Levi-ættene og ættgreinene deira. Til Gersjon høyrde Libni-ætta og Sjimi-ætta. Det er Gersjon-ættene. Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 7 500 som vart innskrivne i manntalet. Gersjon-ættene hadde leiren sin bak heilagdomen, mot vest. Hovdingen over Gersjon-greina var Eljasaf, son til Lael. Det Gersjon-sønene skulle ta seg av i samband med møteteltet, var sjølve heilagdomen, teltet, taket på det og teppet for møteteltdøra, omhenget rundt føregarden som låg kring heilagdomen og altaret, teppet for døra inn til føregarden, snorene og alt arbeidet som fylgde med dette. Til Kehat høyrde Amram-ætta, Jishar-ætta, Hebron-ætta og Ussiel-ætta. Det er Kehat-ættene. Då det vart halde manntal over alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 8 600 mann som skulle gjera teneste ved heilagdomen. Kehat-ættene hadde leiren sin på sørsida av heilagdomen. Hovdingen over Kehat-greina var Elisafan, son til Ussiel. Det dei skulle ta seg av, var paktkista, bordet, ljosestaken, altara, dei heilage reiskapane som vart nytta i gudstenesta, og teppet og alt arbeidet som fylgde med. Den øvste hovdingen over levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen. Til Merari høyrde Makli-ætta og Musji-ætta. Det er Merari-ættene. Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 6 200 som vart innskrivne i manntalet. Hovdingen over Merari-greina var Suriel, son til Abihajil. Dei hadde leiren sin på nordsida av heilagdomen. Merari-sønene var sette til å ta seg av plankane i møteteltet, tverrstengene, stolpane og fotstykka, alle reiskapane der og alt arbeidet som fylgde med, og stolpane kring føregarden med fotstykka, pluggane og snorene som høyrde til. På austsida av heilagdomen, framfor den delen av møteteltet som vender mot soloppgangen, hadde Moses og Aron og sønene hans leiren sin. Dei tok seg av tenesta ved heilagdomen for israelittane. Kom ein annan nær det heilage, laut han døy. Talet på dei levittane som vart mønstra, mønstra av Moses og Aron på Herrens ord, ætt for ætt, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 000. Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei fyrstefødde i Israel, alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet. Lat så meg, Herren, få levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for alt det fyrstefødde feet hjå israelittane. Moses gjorde som Herren hadde sagt, og mønstra alle fyrstefødde hjå israelittane. Talet på dei fyrstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 273. Så sa Herren til Moses: Ta levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for feet deira. Levittane skal høyra meg, Herren, til. Men i løysepengar for dei 273 fyrstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar, skal du ta fem sekel for kvar, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. Desse pengane skal du gje Aron og sønene hans til utløysing av dei israelittane som er over talet. Så fekk Moses løysepengane for dei fyrstefødde mellom israelittane som var att då dei andre var utløyste med levittane. Hjå dei fyrstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1 365 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Og etter Herrens ord gav Moses løysepengane til Aron og sønene hans. Moses gjorde som Herren hadde sagt. Herren tala til Moses og Aron og sa: Du skal halda manntal over Kehat-sønene som høyrer levittane til, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, alle menn som er mellom tretti og femti år. Dei skal gjera teneste og arbeida ved møteteltet. Det som Kehat-sønene skal ta seg av i møteteltet, er dei høgheilage tinga. Når leiren skal flyttast, skal Aron og sønene hans gå inn, ta ned forhenget og breia det over lovkista. På forhenget skal dei leggja ein duk av delfinskinn, og over det att skal dei breia eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i. Over skodebrødsbordet skal dei breia eit klede av fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, bollane og kannene til drikkofferet. Brødet som støtt skal liggja der, skal dei ikkje ta bort. Og over alt dette skal dei breia eit klede av karmosinraud ull. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i. Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over ljosestaken og lampene, ljosesaksene, pannene og alle oljekrukkene som dei brukar når dei steller staken. Både ljosestaken og alle reiskapane som høyrer til, skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja det på ei båre. Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i. Alle reiskapane som dei brukar når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av delfinskinn og setja dei på ei båre. Altaret skal dei reinska for oske og breia eit klede av purpurraud ull over det. Oppå det skal dei leggja alle dei reiskapane som dei brukar når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuflene og offerskålene, alle reiskapane som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av delfinskinn over det og setja berestengene i. Når leiren skal flyttast, og Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle reiskapane som høyrer han til, skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer møteteltet til. Elasar, son til Aron, presten, skal syta for oljen til ljosestaken, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha tilsyn med heile heilagdomen og alt som der er, både heilagdomen og kara som høyrer til. Herren sa til Moses og Aron: Lat ikkje ættgreina åt Kehat-sønene verta utrudd or Levi-ætta! Slik skal de bera dykk åt så dei ikkje skal døy, men berga livet når dei kjem nær dei høgheilage tinga: Aron og sønene hans skal gå og setja kvar mann til det arbeidet han skal gjera, og seia kva han skal bera. Men Kehat-sønene må ikkje gå inn, ikkje så mykje som ein augneblink, og sjå dei heilage tinga. For då skal dei døy. Herren sa til Moses: Gersjon-sønene skal du òg ta talet på, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet. Dette er det arbeidet Gersjon-ættene skal gjera, og det dei skal bera: Dei skal bera teltdukane som høyrer heilagdomen til, teppet av delfinskinn som ligg over møteteltet, teppet til teltdøra, omhenget rundt føregarden som er kring heilagdomen og altaret, teppet i porten til føregarden og snorene og alle reiskapane som dei treng til arbeidet. Alt som er å gjera med dette, skal dei ta seg av. Det arbeidet Gersjon-sønene gjer, alt det dei ber og gjer, skal gjerast etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek vare på alt det dei skal bera. Dette er det arbeidet Gersjon-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira. Så skal du mønstra Merari-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet. Og dette er det dei skal syta for å bera når dei arbeider med møteteltet: plankane i heilagdomen, tverrstengene, stolpane og fotstykka, og stolpane rundt føregarden med fotstykke, pluggar og snorer, all reiskapen og alt dei treng til arbeidet. De skal nemna kvar ting som dei skal syta for å bera. Dette er det arbeidet Merari-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med det. Moses og Aron og hovdingane over folket mønstra så Kehat-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet. Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 2 750. Så mange av Kehat-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses. Så vart Gersjon-sønene mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet. Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, var 2 630. Så mange av Gersjon-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord. Så vart Merari-sønene og ættene deira mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet. Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 3 200. Så mange av Merari-ættene vart mønstra. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses. No hadde Moses og Aron og Israels hovdingar mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, alle menn som var mellom tretti og femti år, alle som skulle gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet og bera det som høyrer til. Og talet på dei som vart mønstra, var 8 580. Etter Herrens ord gjennom Moses vart dei mønstra, og dei fekk kvar sitt arbeid å gjera og kvar si bør å bera. Mønstringa gjekk føre seg så som Herren hadde sagt til Moses. Herren sa til Moses: «Sei til israelittane at dei skal senda bort frå leiren alle som har vorte ureine fordi dei har hudsjukdom eller utflod eller har kome nær lik. Både menn og kvinner skal de senda bort. Lat dei gå ut or leiren, så dei ikkje gjer leiren urein, der eg bur midt imellom israelittane.» Folket gjorde som Herren sa. Dei sende dei ureine ut or leiren. Herren sa til Moses: Du skal seia til israelittane: Når ein mann eller ei kvinne gjer ei eller anna synd mot eit menneske og såleis er trulaus mot Herren og fører skuld over seg, skal dei skrifta den synda dei har gjort. Og så skal dei gje fullt vederlag og la den dei har gjort urett mot, få ein femtedel i tillegg. Men dersom mannen ikkje har nokon nær slektning som kan ta imot bota, skal ho gjevast til Herren og høyra presten til, saman med soningsveren som han ofrar til soning for syndaren. Kvar avgift og alle heilage gåver som israelittane kjem til presten med, skal vera hans. Presten skal ha dei heilage gåvene som folk gjev; alt det som vert gjeve til presten, skal vera hans. Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avveg og er utru mot mannen sin. Ein annan mann ligg med henne. Men mannen hennar får ikkje vita det; for det vert ikkje oppdaga at ho har gjort seg urein. Det var ikkje noko vitne til det, og ho vart ikkje teken på fersk gjerning. Men så vert mannen gripen av svartsykje og får mistanke om at kona hans har gjort seg urein. Det kan òg henda at mannen vert gripen av svartsykje og mistrur kona si endå ho ikkje har gjort seg urein. Då skal han ta kona med seg til presten, og han skal bera fram ein tiandedels efa byggmjøl som offergåve for henne. Men han må ikkje slå olje på mjølet og ikkje leggja røykjelse attmed. For det er eit grødeoffer for svartsykje og eit påminningsoffer som skal minna om synd. Presten skal la kvinna gå fram for Herrens åsyn. Så skal han henta vigsla vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i heilagdomen, og ha det oppi vatnet. Når presten har ført kvinna fram for Herrens åsyn, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for svartsykje. I si eiga hand skal han halda det beiske vatnet som fører forbanning med seg. Så skal presten ta kvinna i eid og seia til henne: «Så sant ingen mann har lege med deg, så sant du ikkje har kome på avveg og gjort deg urein, du som er ei gift kvinne, så skal det ikkje skada deg, dette beiske vatnet som fører forbanning med seg. Men har du kome på avveg og gjort deg urein, endå du er gift, har ein annan enn din eigen mann lege med deg,» – og no skal presten lesa opp forbanningseiden for kvinna og seia til henne: «då skal Herren laga det så at landsmennene dine brukar namnet ditt til ei forbanning og ein eid, og han skal la hoftene dine minka og buken din bolna. Når dette vatnet som fører forbanning med seg, kjem ned i innvolane dine, skal buken bolna og hoftene minka.» Og kvinna skal seia: «Ja, så skal det vera.» Desse forbanningane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet. Og han skal la kvinna drikka av dette beiske forbanningsvatnet, som kan valda stor verk når ho får det i seg. Så skal presten ta grødeofferet for svartsykje ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens åsyn og bera det fram på altaret. Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet. Har ho så gjort seg urein og vore utru mot mannen sin, då vil forbanningsvatnet valda verk når ho får det i seg. Buken hennar bolnar og hoftene minkar, og ho vert ei forbanning mellom landsmennene sine. Men dersom kvinna ikkje har gjort seg urein, men er rein, då skal ho vera uskadd; ho kan framleis få born. Dette er lova om svartsykje: Når ei gift kvinne kjem på avveg og gjer seg urein, eller når ein mann vert gripen av svartsykje og mistrur kona si, då skal han leia kvinna fram for Herren, og presten skal gjera med henne alt det som er skrive i denne lova. Mannen skal vera fri for skuld, men kvinna må lida for brotet sitt. Herren sa til Moses: Du skal tala til israelittane og seia: Når nokon, mann eller kvinne, gjer ein høgtideleg nasirearlovnad og vier seg til Herren, skal han halda seg frå vin og annan sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller annan sterk drikk, eller saft som er laga av druer. Og druer må han ikkje eta, anten dei er friske eller turka. Så lenge han er nasirear, må han ikkje eta noko som er laga av vindruer, ikkje eingong av karten eller skinnet. Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til vigslingstida er ute, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt. Så lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma nær lik. Om far eller mor, bror eller syster hans døyr, må han ikkje gjera seg urein for deira skuld. Håret på hovudet hans viser at han er vigd til Gud. Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren. Men dersom nokon døyr brått og uventa attmed han, så det vigde hovudet hans vert ureint, skal han raka hovudet den dagen han vert rein; den sjuande dagen skal han raka det. Den åttande dagen skal han koma til presten, til møteteltdøra, med to turtelduer eller to dueungar. Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal han gjera soning for mannen og reinsa han for den synda han gjorde då han kom nær liket. Same dagen kan han helga hovudet sitt på nytt. Han skal via seg til Herren for like lang tid som han før hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lam som skuldoffer. Den fyrste nasireartida gjeld ikkje meir, fordi det vigde hovudet hans har vorte ureint. Dette er føresegna for nasirearen: Den dagen vigslingstida hans er ute, skal han førast fram til møteteltdøra. Der skal han bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt, lytelaust verlam som brennoffer, eit årsgamalt, lytelaust saulam som syndoffer og ein lytelaus ver som måltidsoffer; ei korg med usyrt brød av kveitemjøl, kaker som det er olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Dette skal presten bera fram for Herren; han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen. Veren skal han ofra som måltidsoffer til Herren saman med korga med det usyrte brødet. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet for han. Så skal nasirearen raka det vigde hovudet sitt attmed møteteltdøra. Og håret som var vigt, skal han ta og leggja på elden som brenn under måltidsofferet. Presten skal ta den eine bogen av veren når han er kokt, ei usyrt kake frå korga og ein usyrt brødleiv og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har raka av seg det vigde håret sitt. Dette skal presten svinga for Herrens åsyn. Det skal vera ei heilag gåve til presten, attåt brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin. Dette er lova om nasirearen og den lovnaden han gjev, og om det offeret han skal bera fram for Herren når han vert vigd, attåt det han elles har råd til. Han skal gjera alt det han har gjeve lovnad om, og det som nasirearlova elles krev. Herren sa til Moses: Du skal tala til Aron og sønene hans og seia til dei: Når de velsignar israelittane, skal de seia: Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! Når dei såleis legg mitt namn på israelittane, vil eg velsigna dei. Då Moses var ferdig med å reisa heilagdomen, då han hadde salva og vigsla han og alt utstyret der og like eins hadde salva og vigsla altaret med alt det som høyrer til, då kom Israels hovdingar fram, dei som var leiarar for ættgreinene og hovdingar over ættene, dei som stod over alle som var mønstra. Dei førte offergåvene sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to hovdingar og ein okse for kvar av dei. Alt dette kom dei fram til heilagdomen med. Herren sa til Moses: «Ta imot desse gåvene! Dei skal brukast til tenesta ved møteteltet. Gjev dei til levittane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.» Så tok Moses imot vognene og oksane og gav dei til levittane. Gersjon-sønene fekk to vogner og fire oksar til det arbeidet dei skulle ha. Merari-sønene fekk fire vogner og åtte oksar til det arbeidet dei skulle ha. Og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med dei. Kehat-sønene fekk ikkje noko; for dei skulle ta vare på dei heilage tinga og bera dei på akslene. Den dagen altaret vart salva, kom hovdingane med offergåver til vigslinga og bar dei fram til altaret. Då sa Herren til Moses: «Lat hovdingane koma kvar sin dag med gåvene sine til altarvigsla!» Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Naksjon, son til Amminadab, frå Juda-ætta. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, og ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Naksjon, son til Amminadab. Andre dagen kom Netanel, son til Suar, hovdingen over Jissakar. Den gåva han bar fram, var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Netanel, son til Suar. Tredje dagen kom hovdingen over Sebulons-sønene, Eliab, son til Helon. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Eliab, son til Helon. Fjerde dagen kom hovdingen over Rubens-sønene, Elisur, son til Sjede’ur. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisur, son til Sjede’ur. Femte dagen kom hovdingen over Simeons-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Sjelumiel, son til Surisjaddai. Sjette dagen kom hovdingen over Gads-sønene, Eljasaf, son til De’uel. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Eljasaf, son til De’uel. Sjuande dagen kom hovdingen over Efraims-sønene, Elisjama, son til Ammihud. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisjama, son til Ammihud. Åttande dagen kom hovdingen over Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Gamliel, son til Pedasur. Niande dagen kom hovdingen over Benjamins-sønene, Abidan, son til Gidoni. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Abidan, son til Gidoni. Tiande dagen kom hovdingen over Dans-sønene, Akieser, son til Ammisjaddai. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akieser, son til Ammisjaddai. Ellevte dagen kom hovdingen over Asjers-sønene, Pagiel, son til Okran. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Pagiel, son til Okran. Tolvte dagen kom hovdingen over Naftali-sønene, Akira, son til Enan. Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, ein bukk til syndoffer, og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akira, son til Enan. Dette var gåvene frå Israels-hovdingane då altaret vart salva og vigsla: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler. Kvart sølvfat vog 130 sekel og kvar sølvskål 70 sekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2 400 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Dei tolv gullskålene, som var fulle av røykjelse, vog 10 sekel kvar etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sekel. Til brennoffer gav dei i alt tolv oksar, tolv verar og tolv årsgamle lam med dei grødeoffer som tilhøyrde, og tolv bukkar til syndoffer. Til måltidsoffer gav dei 24 oksar, 60 verar, 60 bukkar og 60 årsgamle lam. Det var gåvene som vart framborne då altaret var salva og vigsla. Når Moses gjekk inn i møteteltet og skulle tala med Herren, då høyrde han røysta tala til han frå soningsstaden over lovkista, frå romet mellom dei to kjerubane. Der tala Herren til han. Herren sa til Moses: «Tal til Aron og sei: Når du set opp lampene, skal du laga det så at alle sju kastar ljoset beint fram for ljosestaken.» Og Aron gjorde så. Han sette opp lampene såleis at dei kasta ljoset beint fram for staken, som Herren hadde sagt Moses føre. Ljosestaken var laga av hamra gull, heilt frå foten opp til krona. Moses hadde laga staken etter det førebiletet Herren hadde vist han. Herren sa til Moses: Du skal ta ut levittane mellom israelittane og reinsa dei. Såleis skal du fara åt når du reinsar dei: Du skal skvetta reinsingsvatn på dei. Så skal dei raka seg over heile kroppen og vaska kleda sine. Såleis skal dei reinsa seg. Ta så ein ung okse og grødeofferet som høyrer til, kveitemjøl, blanda med olje. Til syndoffer skal du ta ein annan ung okse. Så skal du la levittane koma fram til møteteltet, og der skal du samla heile Israels-lyden. Før levittane fram for Herren, og lat israelittane leggja hendene på dei! Aron skal via levittane for Herrens åsyn til eit offer frå folket, og så kan dei gjera teneste for Herren. Levittane skal leggja hendene på hovudet åt oksane. Den eine skal du ofra som syndoffer og den andre som brennoffer til Herren, og såleis skal du gjera soning for levittane. Du skal føra levittane fram for Aron og sønene hans og via dei, så dei vert eit offer til Herren. Såleis skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til. Sidan skal dei koma og gjera teneste ved møteteltet, etter at du har reinsa og vigt dei. For mellom israelittane er det dei som er heilt overlatne til meg. Eg har gjort dei til min eigedom i staden for alle dei fyrstefødde hjå israelittane, alle som kjem fyrst frå mors liv. For alt fyrstefødt i Israel, både av folk og fe, høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, då vigsla eg dei til min eigedom. Men no har eg teke levittane i staden for alle dei fyrstefødde i Israel. Eg tok dei ut mellom israelittane og gav dei til Aron og sønene hans. Dei skal tena israelittane i møteteltet og gjera soning for dei, så det ikkje skal koma ulukke over israelittane når dei kjem heilagdomen for nær. Moses og Aron og heile Israelslyden gjorde alt dette med levittane. Dei gjorde i alle måtar så som Herren hadde sagt Moses føre. Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron vigde dei til eit offer åt Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine. Sidan kom levittane og gjorde teneste ved møteteltet, og Aron og sønene hans hadde tilsyn med dei. Som Herren hadde sagt Moses føre, så gjorde dei med levittane. Herren sa til Moses: Dette er lova som gjeld for levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei koma og gjera teneste og arbeida ved møteteltet. Men når dei har fylt femti år, skal dei dra seg ut or tenesta og ikkje arbeida lenger. Dei kan hjelpa brørne sine med arbeidet ved møteteltet, men ikkje ha fast teneste. Såleis skal du ordna arbeidet åt levittane. Året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinai-øydemarka og sa: «Israelittane skal halda påske til fastsett tid. Den fjortande dagen i denne månaden, straks etter soleglad, skal de halda helg, på den tid som er fastsett. Og de skal gjera det etter alle dei lover og føresegner som gjeld.» Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske. Og så heldt dei påskehelg i Sinai-øydemarka den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad. Israelittane gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses føre. No var det nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Desse mennene gjekk same dagen fram for Moses og Aron og sa: «Vi har kome nær eit lik og er vortne ureine. Kvifor har ikkje vi lov til å bera fram ei offergåve til Herren på høgtida saman med dei andre israelittane?» Då svara Moses: «Venta litt, så skal eg høyra kva påbod Herren gjev om dykk!» Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei: Om nokon av dykk eller etterkomarane dykkar kjem nær lik og vert ureine, eller om dei er på langferd, skal dei like fullt halda påske for Herren. Den fjortande dagen i den andre månaden, straks etter soleglad, skal dei halda helg. Dei skal eta påskelammet med usyrt brød og bitre urter attåt. Dei må ikkje leiva noko av lammet til om morgonen og ikkje bryta bein i det. Alle dei føresegnene som gjeld for påskehelga, skal dei fylgja. Dersom ein mann som er rein og ikkje er på reis, lèt vera å halda påske, skal han rydjast ut or folket sitt, fordi han ikkje har bore fram offergåvene til Herren på høgtida. Den mannen må bøta for si synd. Når ein innflyttar som bur hjå dykk, vil halda påske for Herren, skal han òg fylgja dei lovene og føresegnene som gjeld for påskehelga. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for innflyttaren og for den som er fødd og fostra i landet. Den dagen heilagdomen vart reist, la skya seg over han, over lovteltet. Om kvelden var det som ein eld å sjå over heilagdomen, og den heldt seg til om morgonen. Såleis var det støtt. Skya låg over teltet, og om natta var ho liksom ein eld. Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, tok israelittane straks ut; og på den staden der skya stogga, slo dei leir. På Herrens ord tok israelittane ut, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over heilagdomen, heldt dei seg i leiren. Israelittane tok heller ikkje ut når skya låg over heilagdomen i mange dagar; dei retta seg etter Herrens påbod. Stundom låg skya berre nokre få dagar over heilagdomen. Då heldt dei seg i leiren så lenge Herren ville, og dei tok ut når han ville. Stundom låg skya berre frå kveld til morgon. Då tok israelittane ut så snart ho lyfte seg om morgonen. Anten det var dag eller natt, tok dei ut når skya lyfte seg. Når skya låg over heilagdomen eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, tok israelittane ikkje ut, men heldt seg i leiren så lenge ho var der. Fyrst når skya lyfte seg, tok dei ut. På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje og gjorde som han hadde sagt gjennom Moses. Herren sa til Moses: Lag deg to trompetar av hamra sølv! Dei skal du bruka når du kallar saman folket, og når leiren skal flyttast. Blæs dei i begge trompetane, skal heile folket samla seg hjå deg framfor møteteltdøra. Blæs dei berre i den eine, skal hovdingane, førarane for Israels fylkingar, samlast hjå deg. Men blæs de alarm, skal dei som har leiren sin i aust, ta i veg. Og blæs de alarm andre gongen, skal dei som har leiren sin i sør, ta i veg. Alarmen skal vera signal til oppbrot. Når de kallar folket saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa alarm. Det er prestane, Arons-sønene, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei fast lov for dykk, frå ætt til ætt. Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som tek på dykk, skal de blåsa alarm på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud koma dykk i hug og berga dykk frå fiendane. Og på glededagane og høgtidene og nymånedagane skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og måltidsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hjå dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud. I det andre året, den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå lovteltet. Då tok israelittane ut frå Sinai-øydemarka og drog fram, dagslei etter dagslei. Skya stogga i Paran-øydemarka. Dette var fyrste gongen dei tok ut, og dei gjorde det på Herrens bod gjennom Moses. Den fyrste fylkinga som tok ut frå leiren, var Juda-sønene, flokk etter flokk. Naksjon, son til Amminadab, var førar for hæren deira. Hærføraren for Jissakars-ætta var Netanel, son til Suar. Og føraren for Sebulons-ætta var Eliab, son til Helon. Så vart heilagdomen teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, tok i veg. Fylkinga åt Rubens-sønene tok ut frå leiren, flokk etter flokk. Og Elisur, son til Sjede’ur, var føraren deira. Førar for Simeons-ætta var Sjelumiel, son til Surisjaddai. Og førar for Gads-ætta var Eljasaf, son til De’uel. Så tok Kehat-sønene i veg, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle heilagdomen reisast. Den fylkinga som så tok ut frå leiren, var Efraims-sønene, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Elisjama, son til Ammihud. Førar for Manasse-ætta var Gamliel, son til Pedasur. Og førar for Benjamins-ætta var Abidan, son til Gidoni. Fylkinga åt Dans-sønene, som var baktropp, tok så ut frå leiren, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Akieser, son til Ammisjaddai. Førar for Asjers-ætta var Pagiel, son til Okran. Og førar for Naftali-ætta var Akira, son til Enan. Såleis var israelittane fylka då dei tok i veg, kvar flokk for seg. Moses sa til verbror sin, Hobab, son til Re’uel frå Midjan: «No tek vi ut og fer til den staden som Herren sa at han ville gje oss. Kom og ver med oss, så skal vi gjera vel imot deg. For Herren har lova Israel alt det som godt er.» Hobab svara: «Nei, eg vil fara heim til mitt eige land og mi eiga ætt.» Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i øydemarka. Du må vera vegvisar for oss. Går du med oss, skal vi dela med deg det gode som Herren gjev oss.» Så tok dei ut frå Herrens fjell og drog tre dagsleier fram. Og Herrens paktkiste fór føre dei alle tre dagane. Ho skulle finna ein stad der dei kunne slå seg ned. Når dei tok ut frå leiren, heldt Herrens sky seg over dei om dagen. Kvar gong kista tok ut, sa Moses: «Reis deg, Herre! Lat dine fiendar verta spreidde og dine motstandarar røma ¬for deg!» Og når ho slo seg ned, sa han: «Kom attende, Herre, til dei mange tusen ¬i Israels ætter!» Ein gong gav folket seg til å klaga til Herren over at dei hadde det så vondt. Då Herren høyrde det, loga vreiden hans opp. Eld frå Herren braut ut mellom dei og herja i utkanten av leiren. Då ropa folket til Moses om hjelp. Han bad til Herren, og elden slokna. Den staden kalla dei Tabera, fordi eld frå Herren hadde brote ut mellom dei der. Flokken av framande som hadde gjeve seg i lag med dei, fekk veldig lyst på mat. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Å, gjev vi hadde kjøt å eta!» sa dei. «Vi minnest fisken som vi åt i Egypt, og som vi fekk for ingenting. Vi minnest agurkane, melonane og purren, raudlauken og kvitlauken. No svid det i brystet, for her har vi ingen ting. Vi ser ikkje anna enn manna.» Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae. Folket sprang utover og sanka manna. Dei mol han på handkvern eller støytte han i morter. Så koka dei han i gryte og laga kaker av han. Då smaka det som oljekake. Når dogga fall over leiren om natta, fylgde mannaen med. Moses høyrde at folket jamra seg attmed teltdørene, i den eine huslyden etter den andre. Då loga Herrens vreide opp, og Moses tykte det var ille. Han sa til Herren: Kvifor er du så hard med tenaren din? Kvifor har du ingen godvilje for meg, sidan du legg på meg den børa å syta for heile dette folket? Er det eg som har født dette folket, sidan du seier at eg skal ta det ved barmen, liksom ei fostermor tek eit spedbarn, og bera det til det landet du har lova fedrane deira? Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket, når dei jamrar seg og seier til meg: «Lat oss få kjøt å eta!» Åleine kan eg ikkje bera heile dette folket. Det er meir enn eg maktar. Vil du laga det så for meg, så lat meg heller døy med ein gong! Har du godvilje for meg, så lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke! Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg! Så vil eg koma ned og tala med deg der. Eg vil ta av den Anden som er over deg, og gje til dei. Dei skal hjelpa deg å bera den børa som dette folket er, så du ikkje treng bera henne åleine. Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. De har då jamra dykk for Herren og sagt: «Å, gjev vi hadde kjøt å eta! Vi hadde det så godt i Egypt.» No vil Herren gje dykk kjøt. Og de skal ikkje få det ein dag eller to, ikkje fem eller ti eller tjue dagar. Nei, ein heil månad skal de eta kjøt, til det byd dykk så imot at det kjem ut or nasen på dykk. Såleis skal det gå fordi de vanvørde Herren som er midt imellom dykk, då de jamra dykk for han og sa: «Å, kvifor drog vi ut or Egypt?» Då sa Moses: «Seks hundre tusen mann til fots er det folket eg har med meg. Og så seier du: Eg vil gje dei kjøt, så dei kan eta ein heil månad. Skal vi då slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?» Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for kort? No skal du få sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.» Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet. Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan. To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren. Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!» Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!» Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!» Så gjekk Moses attende til leiren saman med Israels eldste. Då braut det laus ein storm frå Herren. Han førte vaktlar inn frå havet og strøydde dei ut over leiren, eit lag på to alner, så langt som ei dagslei på begge sider, rundt ikring heile leiren. Folket gjekk ut og samla vaktlar heile dagen og natta og heile den andre dagen med. Ingen sanka mindre enn ti homer. Og dei la dei i haugar kring heile leiren. Men medan dei endå hadde kjøtet mellom tennene, før dei hadde togge det sund, loga Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei ned, og det vart eit veldig mannefall. Denne staden kalla dei Kibrot-Hatta’ava; for der fekk dei si grav, dei som hadde vore så grådige. Då folket tok ut frå Kibrot-Hatta’ava, fór dei til Haserot, og der vart dei verande ei tid. Ein gong tala Mirjam og Aron mot Moses fordi han hadde teke ei kvinne frå Nubia til kone. Han hadde nemleg gift seg med ei nubisk kvinne. Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren. Men Moses var ein svært audmjuk mann, audmjukare enn alle menneske på jorda. Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til møteteltet, alle tre!» Dei så gjorde. Då steig Herren ned i ei skystøtte og stod attmed teltdøra. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram. Så sa han: Høyr kva eg, Herren, seier: Er det ein profet hjå dykk, vender eg meg til han i syner og talar til han i draumar. Men så er det ikkje med Moses, ¬min tenar, han er trufast i heile mitt hus. Han talar eg med, åsyn til åsyn, klårt og greitt, ikkje i gåter; Herrens skapnad får han sjå. Korleis kunne de då våga å tala mot Moses, min tenar? Så gjekk Herren bort, medan vreiden hans loga imot dei. Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var sjuk. Då sa han til Moses: «Herre, lat oss ikkje bøta for ei synd vi har gjort i vår dårskap. Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster, som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!» Då ropa Moses til Herren: «Å Gud, gjer henne frisk!» Men Herren svara: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, laut ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? No skal ho stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.» Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket tok ikkje av stad før ho var komen inn att. Men då drog dei frå Haserot og slo leir i Paran-øydemarka. Herren tala til Moses og sa: «Send nokre menn for å speida ut Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Ein mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera hovdingar.» Så sende Moses ut nokre menn frå Paran-øydemarka, som Herren hadde sagt, og alle var hovdingar mellom israelittane. Dette er namna på speidarane: for Rubens-ætta Sjammua, son til Sakkur; for Simeons-ætta Sjafat, son til Hori; for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne; for Jissakars-ætta Jigal, son til Josef; for Efraims-ætta Hosea, son til Nun; for Benjamins-ætta Palti, son til Rafu; for Sebulons-ætta Gaddiel, son til Sodi; for Josefs-ætta, det vil seia Manasse-ætta, Gaddi, son til Susi; for Dans-ætta Ammiel, son til Gemalli; for Asjers-ætta Setur, son til Mikael; for Naftali-ætta Nakbi, son til Vofsi; for Gads-ætta Ge’uel, son til Maki. Det var namna på dei mennene som Moses sende for å speida ut landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva. Då Moses sende dei av stad for å speida ut Kanaan-landet, sa han til dei: «Far opp til Negev, og ta så opp i fjellet! Sjå korleis landet er laga, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. Korleis er det landet dei bur i, er det godt eller ringt? Kva slag byar held dei til i, er det leirar eller festningsbyar? Og korleis er jorda, feit eller skrinn? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med dykk noko av frukta i landet!» Det var på den tid då dei fyrste druene vart mogne. Så tok dei av stad og speida ut landet frå Sin-øydemarka til Rehob ved Lebo-Hamat. Dei fór opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Akiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygt sju år før Soan i Egypt. Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann laut bera han mellom seg på ei stong. Dei tok òg med seg nokre granateple og fikenar. Den staden vart sidan kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der. Då det leid av førti dagar, kom dei attende etter å ha speida ut landet. Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet. Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der. Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg. I Negev bur det amalekittar, i fjell-landet hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.» Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga dei og sa: «Vi vil fara opp og leggja landet under oss. Vi skal nok ta det.» Men dei mennene som hadde vore med han, sa: «Vi kan ikkje gå imot dette folket, for dei er sterkare enn vi.» Den meldinga dei gav israelittane om det landet dei hadde speida ut, var nedslåande. Dei sa: «Det landet vi fór igjennom og speida ut, er eit land som gjer ende på dei som slår seg ned i det. Og alle mennene vi såg der, var store og sterke. Der såg vi kjemper òg, anakittar av kjempeætt. Vi tykte at vi var som grashopper mot dei, og det tykte nok dei òg.» Då tok heile Israels-lyden til å ropa høgt, og folket gret heile natta. Alle israelittane, heile lyden, murra mot Moses og Aron og sa: «Gjev vi hadde fått døy i Egypt eller her i øydemarka! Ja, gjev vi hadde fått døy! Kvifor fører Herren oss til dette landet når vi må falla for sverd, og kvinnene og borna våre vert tekne av fiendar? Var det ikkje betre for oss å fara attende til Egypt?» Og dei sa seg imellom: «Lat oss velja ein førar og fara attende til Egypt!» Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels-lyden. Og Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og speida ut landet, reiv sund kleda sine og sa til alle israelittane som var samla: «Det landet vi drog igjennom og speida ut, er eit svært godt land. Har Herren godvilje for oss, fører han oss inn i dette landet og gjev oss det, eit land som fløymer med mjølk og honning. Set dykk berre ikkje opp mot Herren! Og ver ikkje redde folket i landet; dei er ikkje meir enn ein brødbit for oss. Deira vern har svikta dei; men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!» Heile folket truga med å steina dei. Men då synte Herrens herlegdom seg i møteteltet for alle israelittane. Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket vanvørda meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei? No vil eg slå dei med pest og driva dei ut. Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei. Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du i ditt velde førte dette folket ut or landet deira, og dei har fortalt det til dei som bur i landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt imellom dette folket, ja, at du har synt deg for dei, Herre, åsyn til åsyn, at skya di held seg over dei, og at du går føre dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta. Men lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt gjetordet om deg, til å seia: «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, og så drap han dei i øydemarka.» Herre, vis no di store makt, du som har sagt: «Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.» Tilgjev no i di store miskunn den synda dette folket har gjort, liksom du har tilgjeve dei heile vegen frå Egypt og hit. Då sa Herren: Eg tilgjev dei på ditt ord. Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: Ingen av dei mennene som har sett herlegdomen min, sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i øydemarka, og som likevel har sett meg på prøve mange gonger og vore ulydige mot meg, ingen av dei skal få sjå det landet eg har lova fedrane deira. Ingen som vanvørder meg, skal få sjå det! Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige. Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen. Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa: Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg. Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg. Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg. Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. Og borna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vanvørde. Men dykkar bein skal liggja her i øydemarka. Og borna dykkar skal flakka ikring her i førti år. Dei skal lida fordi de var trulause, til de alle har vorte til inkjes i øydemarka. Liksom de speida ut landet i førti dagar, skal de lida i førti år for syndene dykkar, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot meg. Eg, Herren, har sagt at så vil eg gjera med heile dette vonde folket som har svore seg saman mot meg. Her i øydemarka skal dei enda sine dagar; her skal dei døy. Då dei mennene som Moses hadde sendt for å speida ut landet, kom att, gav dei ei nedslåande melding om landet og sette heile folket opp mot han. Desse mennene, som hadde vore med på det, døydde av pest etter Herrens vilje. Av dei som hadde fare på speidingsferd til Kanaan-landet, var det berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som fekk leva. Då Moses fortalde dette til israelittane, syrgde heile folket sårt. Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom,» sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.» Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast. Far ikkje dit, for Herren er ikkje mellom dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar. For der møter de amalekittane og kanaanearane, og då fell de for sverd, fordi de har vendt dykk bort frå Herren, så han ikkje er med dykk.» Likevel var dei så uvørdne at dei gjekk oppover mot høgdedraget. Men Herrens paktkiste og Moses rikka seg ikkje frå leiren. Då kom dei ned, amalekittane og kanaanearane som budde oppe i fjell-landet, og slo israelittane. Og dei forfylgde dei heilt til Horma. Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gje dykk, og som de skal bu i, då kan det henda at de vil bera fram eit eldoffer for Herren – brennoffer eller slaktoffer av storfe eller småfe til godange for Herren – anten det er ein lovnad de vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer eller eit høgtidsoffer. Då skal den som ber offergåva si fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje. Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje som drikkoffer ein fjerdedels hin vin for kvart lam. Men er det ein ver du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein tredjedels hin olje, og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Då er det eit offer som angar godt for Herren. Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer, anten det er ein lovnad du vil oppfylla, eller det er eit måltidsoffer du vil gje Herren, då skal du attåt oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein halv hin olje. Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Då er det eit eldoffer som angar godt for Herren. Såleis skal de gjera med kvar okse og ver, kvart lam og kje. Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr. Alle som er fødde og fostra i landet, skal gjera det så når dei ber fram eldoffer til godange for Herren. Og når ein innflyttar som har slege seg ned hjå dykk, eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit eldoffer til godange for Herren, så skal han gjera det på same måten som de. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for dykk og for innflyttarane som held til hjå dykk, ei evig lov frå ætt til ætt. De og innflyttarane skal stå likt for Herren. Same lov og same rett skal gjelda for dykk og for innflyttarane som held til hjå dykk. Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til, og et av det brødet som landet gjev, då skal de koma med ei offergåve til Herren. Av den fyrste deigen de lagar, skal de gje ein brødleiv i offergåve. De skal gjera det på same måten som når de ber fram gåva frå treskjevollen. Frå ætt til ætt skal de gje Herren ei offergåve av den fyrste deigen de lagar. No kan det henda at de syndar av vanvare og bryt eit eller anna av alle dei bod som Herren har gjeve Moses, alt det Herren har sagt dykk gjennom Moses, frå den dagen han gav boda sine, og seinare fram gjennom ættene. Då skal heile Israels-lyden, så sant dei har synda utan vitende og vilje, bera fram ein ung okse som brennoffer til godange for Herren, med det grødeoffer og drikkoffer som til høyrer, og ein bukk som syndoffer. Presten skal gjera soning for heile Israels-lyden, så dei får tilgjeving. For synda var gjord av vanvare, og til soning har dei bore fram offergåva si, eit eldoffer for Herren, og syndofferet sitt for Herren. Så skal heile Israels-lyden og innflyttarane som held til hjå dykk, få tilgjeving; for heile folket hadde synda av vanvare. Når ein einskildmann syndar av vanvare, skal han bera fram ei årsgamal geit som syndoffer. Presten skal gjera soning for Herrens åsyn for den som har synda, fordi han gjorde det av vanvare. Og når det er gjort soning for han, skal han få tilgjeving. Anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar som held til hjå dykk, skal ei og same lov gjelda for den som syndar av vanvare. Men den som syndar med vitende og vilje, spottar Herren, anten det er ein innfødd israelitt eller ein innflyttar, og han skal rydjast ut or folket sitt. For han har vanvørdt Herrens ord og brote hans bod. Det mennesket skal rydjast ut; det skal lida for brotet sitt. Medan israelittane var i øydemarka, kom dei over ein mann som sanka ved på ein sabbatsdag. Dei som råka han medan han heldt på med det, førte han fram for Moses og Aron og heile Israels-lyden. Og dei sette han fast, for det fanst inga klår føresegn om kva som skulle gjerast med han. Då sa Herren til Moses: «Mannen må døy. Heile Israels-lyden skal steina han utanfor leiren.» Så førte heile lyden han til ein stad utanfor leiren og steina han, som Herren hadde sagt Moses føre. Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei til dei at dei skal laga seg duskar på kappesnippane sine, i ætt etter ætt; og i kvar dusk skal dei setja ei snor av fiolett purpur. Såvorne duskar skal de ha; og kvar gong de ser på dei, skal de koma Herrens bod i hug, så de lever etter dei. De må ikkje fylgja dykkar eigne hjarto og augo, som lokkar dykk til utruskap. Såleis skal de minnast alle boda mine og leva etter dei. De skal vera heilage for dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt fordi eg ville vera dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud. Korah, son til Jishar Kehats-son av Levi-ætta, gjorde saman med Datan og Abiram, sønene til Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætta oppreist mot Moses. Dei fekk med seg to hundre og femti israelittar som var hovdingar i folket, leiarar i Israels-lyden, og hadde eit godt namn. Dei slo seg saman mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Alle som høyrer lyden til, er heilage, og Herren er midt imellom dei. Kvifor vil de då setja dykk over Herrens lyd?» Då Moses høyrde det, kasta han seg ned med andletet mot jorda. Så tala han til Korah og heile flokken hans og sa: «I morgon vil Herren syna kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær. Dette skal de gjera, du Korah og heile flokken din: Ta dykk glopanner, ha eld i dei og legg røykjelse oppå for Herrens åsyn i morgon! Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Så får det vera nok, de Levi-søner!» Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, de levittar! Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå folket, så de får stiga fram for Herren og gjera teneste i bustaden hans, stiga fram for folket og tena det? Han har då late deg og alle brørne dine, levittane, få koma nær til seg. Og no vil de ha prestedømet òg! Sei meg, du og heile flokken din, som slår dykk saman mot Herren: Kva er Aron, sidan de er misnøgde og murrar mot han?» Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje! Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i øydemarka? Vil du no attpå gjera deg til herre over oss? Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.» Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.» Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile flokken din stiga fram for Herren, og Aron skal vera med. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar av dykk skal bera si glopanne fram for Herren, to hundre og femti panner i alt. Du og Aron skal òg ta kvar si panne.» Så tok dei kvar si glopanne, hadde eld i dei og la røykjelse på og stod attmed møteteltdøra saman med Moses og Aron. Korah hadde samla heile flokken mot dei framfor møteteltdøra. Då synte Herrens herlegdom seg for heile Israels-lyden. Og Herren sa til Moses og Aron: «Skil dykk ut frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink!» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, du Gud som rår over livsanden i alle menneske, harmast du på heile lyden fordi ein mann syndar?» Herren sa til Moses: «Tal til Israels-lyden og sei: Hald dykk borte frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram!» Då reiste Moses seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste fylgde han. Og han tala til lyden og sa: «Gå bort frå telta åt desse gudlause mennene, og kom ikkje nær noko som høyrer dei til. Elles vert de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.» Då gjekk folket bort frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene og borna sine, både store og små. Moses sa: «Dette skal de ha til teikn på at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, og at eg ikkje gjer dei av meg sjølv. Dersom desse døyr på same vis som anna folk og får den same lagnad som andre menneske, då er det ikkje Herren som har sendt meg. Men dersom Herren gjer noko nytt og uhøyrt, dersom jorda opnar gapet sitt og gløyper dei og alt folket deira, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har vanvørdt Herren.» Ikkje før hadde Moses sagt dette, så rivna grunnen under dei. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei åtte. Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket, og jorda gøymde dei. Såleis vart dei utrudde or Israels-lyden. Alle israelittane som stod ikring dei, rømde då dei høyrde korleis dei skreik. «Jorda kunne då gløypa oss òg,» sa dei. Så fór det eld ut frå Herren og brende opp dei to hundre og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen. Då tala Herren til Moses og sa: Sei til presten Elasar, son åt Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei har vorte heilage, og strøya glørne vidt utover. Av glopannene åt desse mennene som laut døy fordi dei hadde synda, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Dei er heilage fordi mennene bar dei fram for Herren. Dei skal vera eit teikn til åtvaring for israelittane. Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei. Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, måtte brenna røykjelse for Herren. Elles ville det gå han som det gjekk Korah og flokken hans, som Herren hadde sagt han gjennom Moses. Dagen etter tok heile Israels-lyden til å murra mot Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk,» sa dei. Som no folket slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot møteteltet. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg. Då gjekk Moses og Aron fram for møteteltet. Herren tala til Moses og sa: «Gå bort frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå! Skunda deg så bort til lyden og gjer soning for dei! For ein vreidedom er komen frå Herren. Det har brote ut pest.» Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i flokken. Og sjå, då hadde pesten alt teke til å herja mellom folket. Så la han røykjelsen på glørne og gjorde soning for folket. Medan han stod der mellom døde og levande, stansa pesten. Men det var fjorten tusen sju hundre som døydde i den pesten, forutan dei som miste livet for Korahs skuld. Då pesten hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møteteltdøra. Herren tala til Moses og sa: Sei til israelittane at dei skal gje deg tolv stavar, éin stav for kvar ætt. Av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans. På staven åt Levi skal du skriva Arons namn; for det skal vera éin stav for kvar ættehovding. Legg stavane i møteteltet – framfor lova – der eg møtest med dykk. Då skal han spira og gro, staven som tilhøyrer den mannen eg vel ut. Så får eg vel fred for den murringa israelittane stadig plagar dykk med. Så tala Moses til israelittane. Og alle ættehovdingane gav han kvar sin stav, éin stav for kvar ætt. Det var tolv stavar i alt, og mellom dei var staven til Aron. Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i lovteltet. Då han dagen etter kom inn i teltet, fekk han sjå at Arons stav, staven for Levi-ætta, hadde sett friske skot; han hadde fått knuppar, blomar og mogne mandlar. Moses tok alle stavane bort frå Herrens åsyn og bar dei ut til israelittane. Då dei fekk sjå dei, tok dei kvar sin stav. Då sa Herren til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor lova! Der skal han gøymast og vera eit teikn for dei trassige, så eg slepp høyra murringa deira meir; elles må dei døy.» Moses så gjorde; som Herren hadde sagt, så gjorde han. Men israelittane sa til Moses: «Sjå, det er ute med oss. Vi går alle til grunne, vi døyr. Kvar den som vågar seg innåt Herrens bustad, må døy. Skal vi då gå til grunne, alle saman?» Herren sa til Aron: Du og sønene dine og heile farsætta di skal bera ansvaret for synder mot heilagdomen. Og du skal saman med sønene dine bera ansvaret for synder mot prestetenesta. Og brørne dine av Levi-ætta, farsætta di, skal du ta med deg. Dei skal gjera teneste saman med deg, når du og sønene dine stig fram for teltet. Dei skal hjelpa deg med tenesta i heile teltet. Men dei heilage kara og altaret skal dei ikkje koma nær. Elles må de døy, både de og dei. Saman med deg skal dei tena i møteteltet og gjera alt det som skal gjerast der. Men ingen utanforståande må koma dykk nær når de gjer teneste i heilagdomen og ved altaret. Elles kan vreidedomen atter koma over israelittane. Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet. Men du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta, alt det som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget. Det arbeidet skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men kjem ein utanforståande innåt, må han døy. Herren tala atter til Aron og sa: Eg lèt deg ta vare på dei gåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine; det skal vera din del og deira rett i all framtid. Av alle dei høgheilage offera skal dette høyra deg til: Av alt det som dei ber fram, av alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, alle dei høgheilage offera, skal du og sønene dine ha det som ikkje vert brent. Du skal eta dei som høgheilage gåver. Berre menn kan eta dei; heilage skal dei vera for deg. Av dei heilage gåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei. Alt det beste av olje og druesaft og korn, fyrstegrøda som dei ofrar til Herren, gjev eg deg. Dei fyrste fruktene av alt det som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine. Alle i huset ditt som er reine, kan eta dei. Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha. Alt som kjem fyrst frå morsliv, alle levande skapningar som dei ber fram for Herren, anten det er menneske eller dyr, skal høyra deg til. Men det som er fyrstefødt av menneske, skal du la dei løysa, og like eins det som er fyrstefødt av ureine dyr. Når dei er ein månad gamle eller meir, skal du ta den fastsette løysesummen, fem sekel sølv, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. Men dei fyrstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; det skal vera eit eldoffer til godange for Herren. Men kjøtet skal høyra deg til, liksom brystet som vert svinga, og det høgre låret. Alle heilage gåver som israelittane kjem til Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. For deg og etterkomarane dine skal dette vera ei evig pakt som er vigsla med salt for Herrens åsyn. Herren sa til Aron: Når landet vert utskift, får du inga jordeign til liks med dei andre. Eg skal vera din arv og del mellom israelittane. Men eg lèt levittane få all tienda i Israel. Den skal dei ha i løn for arbeidet sitt, for tenesta ved møteteltet. Dei andre israelittane skal aldri meir koma nær møteteltet. For då fører dei synd over seg og må døy. Det er levittane som skal gjera teneste ved møteteltet og ha ansvar for det. Det skal vera ei evig lov, frå ætt til ætt. Dei skal inga jordeign ha mellom israelittane. For tienda, den heilage gåva som israelittane kjem til Herren med, lèt eg levittane få; den skal vera deira eigedom. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje skal eiga jord liksom dei andre israelittane. Herren tala til Moses og sa: Du skal seia til levittane: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje i heilag gåve til Herren. Denne gåva skal reknast for jamgod med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa. På den måten skal de òg gje Herren ei heilag gåve av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten. Av alle gåvene de får, må de gje Herren det han skal ha. Den beste delen av dei skal de via til han. Du skal seia til dei: Når de har gjeve det beste til Herren, kan de levittar sjå på resten som de ser på det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. De kan eta det kvar de vil, både de og huslydane dykkar. Det er den løn de skal ha for tenesta ved møteteltet. Når de berre gjev Herren det beste, fører de ikkje synd over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy. Herren sa til Moses og Aron: Dette er eit lovbod som Herren har gjeve: Sei til israelittane at dei skal koma til deg med ei raud kvige som er utan feil og lyte, og som ikkje har hatt åk på seg. Den skal du gje til presten Elasar. Dei skal leia henne ut or leiren og slakta henne medan han ser på. Presten Elasar skal ta noko av blodet hennar på fingeren og skvetta det sju gonger bort imot framsida av møteteltet. Så skal dei brenna kviga medan han ser på. Både skinnet og kjøtet og blodet, og mageinnhaldet med, skal dei brenna. Presten skal ta sedertre, isop og karmosinraud ull og kasta det på elden der kviga vert brend. Sidan skal han vaska kleda sine og lauga kroppen sin, og så kan han gå inn att i leiren. Men han skal vera urein til kvelds. Den mannen som har brent kviga, skal òg vaska kleda sine og lauga kroppen sin, og han skal vera urein til kvelds. Ein mann som er rein, skal samla opp oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor leiren. Der skal ho gøymast åt Israels-lyden og brukast i reinsingsvatn til å ta bort synd. Den som samlar opp oska av kviga, skal vaska kleda sine og vera urein til kvelds. Dette skal vera ei evig lov for israelittane og for innflyttarane som bur mellom dei. Den som kjem nær eit lik, skal vera urein i sju dagar. Den tredje og den sjuande dagen må han reinsa seg for synd, så han kan verta rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, vert han ikkje rein. Kvar den som kjem nær eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, han gjer Herrens bustad urein og skal rydjast ut or Israel. Sidan det ikkje er skvett reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han. Så seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar. Og kvart ope kar, som det ikkje er lagt lok på, er ureint. Når nokon som er ute på marka, kjem nær ein som er fallen for sverd, eller ein som har døytt på annan måte, eller han kjem nær eit menneskebein eller ei grav, skal han vera urein i sju dagar. Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter det oppbrende syndofferet, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over. Ein mann som er rein, skal ta isop og duppa han i vatnet. Så skal han skvetta det på teltet, på alle dei ting og menneske som var der, og på han som kom nær eit bein, ein som er drepen eller har døytt på annan måte, eller ei grav. Han som er rein, skal skvetta det på den ureine den tredje og den sjuande dagen. Når han såleis har reinsa han den sjuande dagen, skal han vaska kleda sine og lauga seg i vatn. Då vert han rein same kvelden. Den som har vorte urein og ikkje reinsar seg for synd, han skal rydjast ut or Israels-lyden; for han har gjort Herrens heilagdom urein. Sidan det ikkje har kome reinsingsvatn på han, er han urein. Dette skal vera ei evig lov for dei. Den som skvette reinsingsvatnet, skal vaska kleda sine. Og dersom nokon kjem nær reinsingsvatnet, skal han vera urein til kvelds. Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og den som kjem nær han, skal vera urein til kvelds. I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd. Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron. Dei tretta med Moses og sa: «Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn! Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt? Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?» Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, og Herren sa til Moses: «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.» Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?» Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka. Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.» Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er. Frå Kadesj sende Moses bod til kongen i Edom: Så seier Israel, frenden din: Du veit kor mykje strev og møde vi har hatt. Fedrane våre fór ned til Egypt, og der budde dei i lang tid. Men egyptarane var harde med oss og fedrane våre. Då ropa vi til Herren, og han høyrde bøna vår. Han sende ein engel og førte oss ut or Egypt. Og no er vi i Kadesj, ein stad som ligg nær grensa til landet ditt. Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje gå gjennom åkrar eller vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi skal fylgja kongsvegen og ikkje ta av til høgre eller venstre før vi er komne gjennom landet. Men kongen i Edom svara: «Du får ikkje fara gjennom landet mitt. Gjer du det, møter eg deg med sverd i hand.» Då sa israelittane til han: «Vi vil halda oss til landevegen, og dersom vi eller buskapen vår drikk av vatnet som høyrer deg til, skal eg betala for det. Det er ikkje stort eg bed om. Eg vil berre få gå gjennom landet til fots.» Men kongen svara: «Nei, du får ikkje gå igjennom!» Og edomittane drog ut mot dei med ein stor og velvæpna hær. Sidan kongen i Edom nekta israelittane å fara gjennom landet hans, bøygde dei av og tok ei anna lei. Israelittane tok ut frå Kadesj og kom i samla flokk til Hor-fjellet. Der, ved grensa mot Edom-landet, sa Herren til Moses og Aron: No skal Aron fara til folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane; for de var ulydige mot meg ved Meriba-kjelda. Ta Aron og Elasar, son hans, med deg opp på Hor-fjellet! Ta så prestekleda av Aron og ha dei på Elasar, son hans! For der skal Aron døy og fara til folket sitt. Moses gjorde som Herren sa. Medan heile folket såg på, steig dei opp på Hor-fjellet. Moses tok prestekleda av Aron og hadde dei på Elasar, son hans. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att, skjøna heile folket at Aron var død. Og heile Israels-ætta heldt syrgjehøgtid over Aron i tretti dagar. Då kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at israelittane drog fram på vegen til Atarim, gjekk han til strid mot dei og tok nokre av dei til fange. Då gav israelittane Herren ein lovnad. «Gjev du dette folket i våre hender,» sa dei, «skal vi bannstøyta byane deira.» Herren høyrde denne bøna og gav kanaanearane i deira hand. Og israelittane bannstøytte både dei og byane deira. Difor fekk staden namnet Horma. Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.» Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket. Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.» Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet. Israelittane heldt fram på ferda og slo leir ved Obot. Sidan tok dei ut frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i øydemarka austanfor Moab. Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen. Og då dei tok ut frå Sered-dalen, slo dei leir på den andre sida av Arnon, i den øydemarka som tøyer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittlandet. Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»: Vaheb i Sufa og dalane, Arnon og dalsida som tøyer seg ned mot Ar-bygda og når til Moabs grense. Så fór dei til Be’er. Det er den brunnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!» Då song Israel denne songen: Vell fram, du kjelde! Lat songen ljoma for brunnen ¬som hovdingar har grave, som dei fremste menn i folket ¬har bora med styrarstav og septer. Frå Be’er fór dei så til Mattana, frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot, og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet. Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje koma inn på åkrar eller i vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi vil fylgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.» Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet. Han samla heile hæren sin og drog ut mot israelittane i øydemarka. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei. Men Israel slo han med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot Ammon var det mange borger. Israelittane tok alle desse amorittbyane og busette seg i dei, i Hesjbon og alle småbyane der ikring. Hesjbon var byen åt amorittkongen Sihon. Han hadde lege i strid med den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon. Difor seier skaldane: Kom til Hesjbon, Sihons by! Bygg han ut ¬og gjer han til ei borg! Eld gjekk ut frå Hesjbon, ein loge frå Sihons by. Han gjorde ende på Ar i Moab og avgudane på haugane ¬ved Arnon. Ve deg, Moab! Det er ute med deg, du folk som dyrkar Kamosj. Han har gjort sønene sine ¬til flyktningar og sendt døtrene sine ¬i fangeferd til amorittkongen Sihon. Vi skaut dei ned frå Hesjbon radt til Dibon. Vi herja landet heilt til Nofah, som ligg bortmed Medeba. No slo Israel seg ned i amorittlandet. Moses sende folk som skulle speida ut Jaser. Dei tok byane der ikring og dreiv ut amorittane som budde der. Så tok dei ei anna lei og fór oppover til Basan. Kong Og i Basan drog ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre’i. Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile folket og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.» Så slo israelittane kong Og og sønene hans og heile hæren hans. Ingen vart att, og ingen slapp unna, og landet la dei under seg. Israelittane heldt fram på ferda og slo leir på slettene i Moab, på hi sida av Jordan, midt for Jeriko. Då Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane, vart redsla stor mellom moabittane for dette folket som var så talrikt. Dei grua seg for å møta israelittane. Moabittane sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne store hopen til å eta opp alt ikring oss, liksom oksane når dei gneg bøen snau.» På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab. Han sende bod til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der han hadde frendane sine. Dei skulle be han koma og seia: «Sjå, eit folk har fare ut frå Egypt. Dei er så mange at dei fyller heile landet og har slege seg ned beint framfor meg. No må du koma og forbanna dette folket. Dei er for sterke for meg. Kanskje eg då kan vinna over dei og driva dei ut or landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.» Dei eldste i Moab og Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak. Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg la dykk få det svaret som Herren gjev meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hjå Bileam. Gud kom til Bileam og sa: «Kva er det for folk du har hjå deg?» Han svara: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt dette bodet til meg: Sjå, eit folk har kome frå Egypt. Dei er så mange at dei fyller heile landet. Kom no og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut or landet.» Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna dette folket; for det er velsigna.» Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Far heim att til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å fylgja med dykk.» Så tok Moab-hovdingane av stad. Dei kom til Balak og fortalde at Bileam ikkje ville vera med dei. Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn dei fyrste. Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Sei ikkje nei, men kom til meg! Eg vil visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom berre og forbanna dette folket for meg!» Bileam svara kongsmennene: «Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gjera noko, korkje smått eller stort, som går imot det Herren min Gud har sagt. Ver no her i natt, de òg, så får eg vita kva Herren vil seia meg.» Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne hit for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg!» Om morgonen stod Bileam opp, sala eselet sitt og tok ut saman med Moab-hovdingane. Men Gud vart brennande harm fordi han fylgde med. Difor stelte Herrens engel seg framfor han på vegen som ein motstandar. Då han kom ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine, fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam ville ha det inn att på vegen og gav det eit slag. Sidan stelte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vingardane. Det var steingard på begge sider. Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten åt Bileam mot steinane. Då slo han til det att. Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stelte seg på ein trong stad. Der var det ikkje råd å vika unna, korkje til høgre eller venstre. Då eselet atter fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. No vart Bileam brennande harm og slo til eselet med staven sin. Då gav Herren eselet mål og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.» Bileam svara: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepe deg med det same!» Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei,» svara Bileam. Då opna Herren augo hans, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks kasta han seg ned og bøygde seg med andletet mot jorda. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men spart eselet.» Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda, for eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Har du noko imot denne ferda, skal eg venda heim att.» Herrens engel svara: «Nei, far med desse mennene! Men sei ikkje anna enn det eg byd deg!» Så fylgde Bileam med hovdingane åt Balak. Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad og møtte han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet. Balak sa til Bileam: «Kvifor kom du ikkje då eg sende bod etter deg? Trur du ikkje eg kan visa deg ære?» Bileam svara: «Når eg no er komen til deg, kan eg då tala fritt? Dei orda som Gud legg meg i munnen, må eg tala.» Så fylgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot. Der slakta Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han. Morgonen etter tok kongen Bileam med seg og førte han opp på Ba’al-haugen. Derifrå kunne han sjå utkanten av Israels-leiren. Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få tak i sju oksar og sju verar til meg!» Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein ver på kvart altar. Så sa Bileam til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine medan eg går bort ei stund. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd. Der kom Gud til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til sju altar, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein ver.» Då la Herren eit ord i munnen på Bileam og sa: «Gå attende til Balak og tal det eg har sagt.» Då han kom attende, såg han at Balak stod bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar. Så tok han til å kveda: Frå austerfjell, frå Aram, har Balak, Moabs konge, ¬henta meg: «Kom og lys forbanning ¬over Jakob, kom og tal vondt mot Israel!» Korleis kan eg forbanna den som Gud ikkje har forbanna? Korleis kan eg vera harm ¬på den som Herren ikkje er harm på? Eg ser dei frå den høgste nut og skodar dei frå høgdene. Det er eit folk ¬som bur for seg sjølv og ikkje reknar seg ¬som andre folkeslag. Kven kan telja Jakob, ¬tallaus som støvkorn, kven kjenner talet ¬på Israels støvsky? Gjev eg fekk døy ¬som dei rettvise døyr, og til sist fekk ein lagnad ¬som dei! Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer? Eg henta deg for at du skulle forbanna fiendane mine, og så velsignar du dei i staden!» Bileam svara: «Eg må ta meg i vare så eg ikkje talar anna enn det Herren legg meg i munnen.» Då sa Balak til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du kan sjå folket. Men heile leiren får du ikkje sjå, berre utkanten av han. Derifrå skal du forbanna dei for meg.» Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein ver. Bileam sa til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine, medan eg går bort og møter Gud.» Herren møtte Bileam og la eit ord i munnen hans. «Gå attende til Balak,» sa han, «og tal det eg seier deg!» Då Bileam kom attende, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine og Moabs hovdingar saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?» Då kvad Bileam: Reis deg, Balak, og høyr! Lyd på meg, du Sippors son! Gud er ikkje ein mann, ¬så han lyg, eit menneske, ¬så han skifter hug. Gjer han ikkje det han seier, held han ikkje det han lovar? Eg fekk bod om å velsigna; velsignar han, ¬kan ikkje eg gjera det om. Eg ser ingen vondskap i Jakob, inga ulukke i Israel. Herren deira Gud er med dei, dei hyllar han som konge. Gud førte dei ut or Egypt, og dei har styrke ¬som ein villokse. Det finst ingen som driv ¬med spådom i Jakob, ingen som tek varsel i Israel. I rette tid vert det sagt til Jakob, til Israel kva Gud vil gjera. Sjå, folket reiser seg som ei løve, som ei løvinne fer det opp! Det legg seg ikkje til ro før det har metta seg med rov og drukke blodet ¬av dei det drap. Då sa Balak til Bileam: «Kan du ikkje forbanna dei, må du iallfall ikkje velsigna dei!» Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg berre kan gjera som Herren seier?» Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud ikkje har noko imot at du forbannar folket derifrå.» Så tok han Bileam med seg opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet. Då sa Bileam til han: «Bygg sju altar for meg her, og få tak i sju oksar og sju verar til meg!» Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein ver på kvart altar. Då Bileam skjøna at Herren ville velsigna Israel, gjekk han ikkje bort og søkte varsel, som han før hadde gjort, men vende seg mot øydemarka. Han såg utover og fekk auga på Israels-ættene, som låg der side om side. Då kom Guds Ande over han, og han kvad: Så seier Bileam, son til Beor, så seier mannen ¬med attlatne augo, så seier han ¬som høyrer ord ifrå Gud og får syner frå Den Allmektige, der han sit med klårsynte augo: Kor fagre dine telt er, Jakob, dine bustader, Israel! Dei er som vide dalar, som hagar langs ei elv, lik aloëtre ¬som Herren har planta, lik sedrar som veks attmed vatn. Vatnet strøymer frå Israels kar, det dei sår, ¬får rikeleg med væte. Større enn Agag ¬skal kongen deira vera, høgt skal hans velde nå. Gud førte dei ut or Egypt, og dei har styrke ¬som ein villokse. Dei øyder ut fiendslege folk, knuser deira bein ¬og bryt deira piler. Dei legg seg ned ¬og kviler som ei løve, som ei løvinne ¬– kven torer vekkja henne? Velsigna er den ¬som velsignar deg, og forbanna den ¬som forbannar deg. Då vart Balak brennande harm på Bileam. Han slo saman hendene og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og no har du velsigna dei tre gonger! Kom deg heim att så fort du kan! Eg hadde tenkt å visa deg stor ære, men sjå, Herren har nekta deg æra.» Bileam svara: «Eg sa då alt til dei mennene du sende: Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gå imot Herrens ord og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt. Det Herren seier, må eg tala. Sjå, no fer eg heim att til landet mitt. Men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera mot folket ditt ein gong i tida.» Så kvad han: Så seier Bileam, son til Beor, så seier mannen ¬med attlatne augo, så seier han ¬som høyrer ord ifrå Gud, som tek imot kunnskap ¬frå Den Høgste og får syner frå Den Allmektige, der han sit med klårsynte augo: Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær. Ei stjerne stig opp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg ¬frå Israel. Han skal knusa ¬Moabs tinningar og skallen på alle Sets søner. Han skal vinna over Edom, leggja fienden Se’ir under seg; Israel skal auka si makt. Ein fyrste dreg ut frå Jakob, han rydjar ut dei ¬som er att i byen. Så fekk Bileam auga på amalekittane, og han heldt fram med kvadet sitt: Det fremste av folkeslag ¬er Amalek, men til sist skal han gå under. Då Bileam fekk auga på kenittane, kvad han: Endå din bustad ¬er traust og trygg, og ditt reir er bygt på berget, skal Kain gå til grunne. Kor lenge skal det vara før Assur fører deg ¬i fangenskap? Endå ein gong kvad Bileam: Ve! Kven slepp frå det med livet om ikkje Gud har vilja det så? Frå kittearane kjem det skip; dei døyver Assur og Eber. Men dei òg går ¬mot undergangen. Så stod Bileam opp og fór heim att. Og Balak drog sin veg. Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva utukt med moabittkvinner, som bad folket til offerfest for gudane sine. Folket var med på måltida og kasta seg ned for gudane deira; israelittane heldt seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på dei, og han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp på ein stokk for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.» Moses sa til styresmennene i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene sine som har halde seg til Ba’al-Peor.» Best det var, kom ein israelitt med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom landsmennene sine, midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, der dei sat og gret attmed møteteltdøra. Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og treiv eit spyd. Så fylgde han etter israelitten inn i soveromet og rende spydet gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane. Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten. Herren sa til Moses: «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei. Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han. Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.» Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av hovdingane i Simeons-ætta. Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi; ho var dotter til Sur, som var hovding over ei av ættene i Midjan. Sidan sa Herren til Moses: «De skal gå til strid mot midjanittane og slå dei ned. For dei gjekk til strid og bruka list mot dykk, då det hende dette med Peor og med Kosbi, dotter til midjanitthovdingen, ho som vart drepen den gongen pesten herja etter hendinga med Peor.» Då pesten var over, sa Herren til Moses og presten Elasar, son til Aron: «Hald manntal over heile Israels-folket, ættgrein for ættgrein! Tel alle våpenføre menn i Israel som er tjue år eller meir!» Moses og presten Elasar tala då til folket på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Dei sa at alle som var tjue år eller meir, skulle teljast, så som Herren hadde sagt til Moses. Dette er etterkomarane etter dei israelittane som hadde fare frå Egypt: Ruben var eldste son til Israel, og dette er etterkomarane hans: Frå Hanok kjem Hanok-ætta, frå Pallu Pallu-ætta, frå Hesron Hesron-ætta og frå Karmi Karmi-ætta. Det var Rubens-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 43 730. Son til Pallu var Eliab, og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram som var utvalde av Israels-folket og likevel gjorde oppreist mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg opp mot Herren. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og Korah; heile flokken omkom. Elden gjorde ende på to hundre og femti mann, eit teikn til skrekk og åtvaring. Men sønene til Korah miste ikkje livet. Dette er etterkomarane etter Simeon, ætt for ætt: Frå Nemuel kjem Nemuel-ætta, frå Jamin Jamin-ætta, frå Jakin Jakin-ætta, frå Serah Serah-ætta og frå Saul Sauls-ætta. Det var Simeons-ættene, 22 200 i talet. Dette er etterkomarane etter Gad, ætt for ætt: Frå Sefon kjem Sefon-ætta, frå Haggi Haggi-ætta, frå Sjuni Sjuni-ætta, frå Osni Osni-ætta, frå Eri Eri-ætta, frå Arod Arod-ætta og frå Areli Areli-ætta. Det var Gads-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500. Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan. Dette er etterkomarane etter Juda, ætt for ætt: Frå Sjela kjem Sjela-ætta, frå Peres Peres-ætta og frå Serah Serah-ætta. Dette er etterkomarane etter Peres: Frå Hesron kjem Hesron-ætta og frå Hamul Hamul-ætta. Det var Juda-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500. Dette er etterkomarane etter Jissakar, ætt for ætt: Frå Tola kjem Tola-ætta, frå Puvva Puvva-ætta, frå Jasjub Jasjub-ætta og frå Sjimron Sjimron-ætta. Det var Jissakars-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300. Dette er etterkomarane etter Sebulon, ætt for ætt: Frå Sered kjem Sered-ætta, frå Elon Elon-ætta og frå Jakle’el Jakle’el-ætta. Det var Sebulons-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500. Sønene til Josef og ættene deira var Manasse og Efraim. Dette er etterkomarane etter Manasse: Frå Makir kjem Makir-ætta og frå Gilead Gilead-ætta. Makir var far til Gilead. Og dette er etterkomarane etter Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-ætta, frå Helek Helek-ætta, frå Asriel Asriel-ætta, frå Sikem Sikem-ætta, frå Sjemida Sjemida-ætta og frå Hefer Hefer-ætta. Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer, og namna deira var Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. Det var Manasse-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700. Dette er etterkomarane etter Efraim, ætt for ætt: Frå Sjutelak kjem Sjutelak-ætta, frå Beker Beker-ætta og frå Takan Takan-ætta. Dette er etterkomarane etter Sjutelak: Frå Eran kjem Eran-ætta. Det var Efraims-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane etter Josef, ætt for ætt. Dette er etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt: Frå Bela kjem Bela-ætta, frå Asjbel Asjbel-ætta, frå Ahiram Ahiram-ætta, frå Sjufam Sjufam-ætta og frå Hufam Hufam-ætta. Bela hadde desse etterkomarane: Frå Ard kjem Ard-ætta og frå Na’aman Na’aman-ætta. Det var etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600. Dette er etterkomarane etter Dan, ætt for ætt: Frå Sjuham kjem Sjuham-ætta. Det var Dans-ættene. Talet på dei som høyrde Sjuham-ættene til, var 64 400. Dette er etterkomarane etter Asjer, ætt for ætt: Frå Jimna kjem Jimna-ætta, frå Jisjvi Jisjvi-ætta, frå Beria Beria-ætta, frå Heber Heber-ætta og frå Malkiel Malkiel-ætta. Asjer hadde ei dotter som heitte Sera. Det var Asjers-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400. Dette er etterkomarane etter Naftali, ætt for ætt: Frå Jakse’el kjem Jakse’el-ætta, frå Guni Guni-ætta, frå Jeser Jeser-ætta og frå Sjillem Sjillem-ætta. Det var Naftali-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400. I alt vart det mønstra 601 730 israelittar. Herren sa til Moses: «Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet. Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet. Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til. Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.» Dette er dei levittane som vart mønstra, ætt for ætt: Gersjon-sønene, ætta etter Gersjon; Kehat-sønene, ætta etter Kehat, og Merari-sønene, ætta etter Merari. Desse ættgreinene var det i Levi-ætta: Libni-sønene, Hebron-sønene, Makli-sønene, Musji-sønene og Korah-sønene. Kehat fekk sonen Amram; kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Med henne fekk Amram sønene Aron og Moses og Mirjam, syster deira. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren. Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei. Dette var den folketeljinga som Moses og presten Elasar stod føre mellom israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Ingen av desse var med i manntalet den gongen Moses og presten Aron mønstra israelittane i Sinai-øydemarka. For Herren hadde sagt at dei skulle døy i øydemarka. Av dei var det ingen annan att enn Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. Selofhad, son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son, hadde fleire døtrer. Dei heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. Dei gjekk fram til møteteltdøra og stod framfor Moses og presten Elasar og hovdingane og heile folket og sa: «Far vår døydde i øydemarka; men han var ikkje med i den flokken som sette seg opp mot Herren, Korah-flokken. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner. Skal no namnet åt far vår gå ut or ætta, fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!» Moses la spørsmålet fram for Herren, og Herren sa til han: «Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei odelsjord saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei! Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la garden gå i arv til dottera. Har han inga dotter heller, skal de gje brørne hans garden. Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få garden. Men hadde ikkje faren nokon bror, skal de la næraste slektningen hans få garden.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, som Herren sa Moses føre. Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet, så skal du få sjå det landet eg har gjeve israelittane. Og når du har sett det, skal du òg fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, før deg. For de lydde ikkje mitt ord i Sin-øydemarka, den gongen folket tretta med meg, då de skulle ha late vatn strøyma fram for augo på dei og såleis vist kor heilag eg er.» – Det er Meriba-kjelda i Sin-øydemarka. Moses sa til Herren: «Herre, du Gud som rår over ånda i kvar levande skapning, du må setja ein annan mann over folket, ein som kan gå føre dei både heime og borte og føra dei ut og inn, så Herrens folk ikkje skal vera som ein saueflokk utan gjætar.» Då sa Herren til Moses: «Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans! Før han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden, og set han inn i tenesta medan folket er til stades. Gjev han noko av den agen du har med deg, så heile Israels-folket må lyda han. Men han skal gå fram for presten Elasar, som for Herrens åsyn skal bruka urim og søkja avgjersler for han. På hans ord skal dei fara ut, og på hans ord skal dei fara heim, både Josva og alle israelittane, heile Israels-lyden.» Moses gjorde som Herren baud. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden. Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde sagt gjennom Moses. Herren sa til Moses: Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg. Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad. Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven. Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren. Drikkofferet som høyrer til det fyrste lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer av sterk drikk, som du ber fram for Herren i heilagdomen. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad, og det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren. På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle, lytelause lam, som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, og drikkofferet som høyrer til. Dette er det serskilde brennofferet som skal berast fram kvar sabbat, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til. Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam. For kvar okse skal de bera fram eit grødeoffer på tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, for den eine veren to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje. Såleis skal brennofferet vera, eit eldoffer som angar godt for Herren. Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for veren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året. Ein bukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til. Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren. Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid; då skal de eta usyrt brød i sju dagar. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Som brennoffer, eldoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam; og dei må vera utan lyte. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk. Dette skal de ofra attåt den delen av det daglege brennofferet som vert frambore om morgonen. Slike offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane. Det er eldoffermat som angar godt for Herren. Attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drikkofferet som høyrer til. Den sjuande dagen skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. På fyrstegrødedagen, når de høgtidar sjuvekehelga og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. Ein bukk skal de bera fram til soning for syndene dykkar. Dette skal de ofra attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Og dyra må vera utan lyte. Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Den dagen skal horna ljoma hjå dykk. De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein ung okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk. Dette skal de ofra attåt nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet som høyrer til, og dei vanlege drikkoffera; det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren. Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. Då må de fasta og ikkje gjera noko arbeid. De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle lam. Og dei må vera utan lyte. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer attåt soningssyndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. I sju dagar skal de halda høgtid for Herren. De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: tretten unge oksar, to verar og fjorten årsgamle lam; og dei må vera utan lyte. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to verane og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Den åttande dagen skal de halda høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Desse offera skal de bera fram for Herren på høgtidene, attåt lovnadsoffera og dei friviljuge offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer. Moses sa dette til israelittane, heilt og fullt så som Herren hadde bode han. Moses tala til hovdingane over Israels-ættene og sa: Dette har Herren gjeve påbod om: Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova. Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald, og far hennar får høyra om lovnaden og plikta ho har teke på seg, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag. Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, fordi det var faren som sa nei. Set at ei kvinne har ein lovnad på seg når ho vert gift, eller har bunde seg med eit tankelaust ord. Dersom mannen hennar får vita det, men ikkje seier noko til henne same dagen, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Men dersom mannen hennar same dagen som han får vita det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, til inkjes, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Og Herren skal tilgje henne. Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal han stå ved lag, kva ho så har bunde seg til. Dersom ei kvinne etter at ho er gift, gjev ein lovnad eller bind seg med eid til fråhald, og mannen hennar får vita det, men teier og ikkje seier nei til henne, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag. Men dersom mannen hennar gjer det om inkje same dagen som han får høyra om det, då skal ikkje eit ord som ho har sagt, stå ved lag, anten det er ein lovnad ho har gjeve, eller ei plikt ho har teke på seg. Mannen hennar har gjort det om inkje, og Herren skal tilgje henne. Kvar lovnad ho har gjeve, og kvar plikt til fråhald eller faste som ho har teke på seg med eid, kan mannen hennar stadfesta eller gjera om inkje. Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, og alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko den dagen han får vita om det. Men gjer han det sidan om inkje, må han ta ansvaret for brotet hennar. Dette er dei føresegnene Herren gav Moses om den rett som gjeld mellom mann og kone, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur heime hjå far sin. Herren sa til Moses: «Du skal ta hemn over midjanittane for det dei har gjort mot israelittane. Sidan skal du fara til fedrane dine.» Då tala Moses til folket og sa: «Nokre av dykk må bu seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei. Tusen mann frå kvar av Israels-ættene skal de senda ut i hærferd.» Så valde dei ut tusen mann frå kvar ætt i heile Israel, i alt tolv tusen stridsbudde menn. Dei sende Moses i hærferd, tusen mann frå kvar ætt, og saman med dei Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg dei heilage tinga og signaltrompetane. Dei gjekk til strid mot Midjan, som Herren hadde sagt Moses føre, og drap alle mennene der. Mellom dei som fall i slaget, var Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba; det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira. Israelittane førte bort kvinnene og borna åt midjanittane som fangar. Og alle husdyra deira, heile buskapen, og alt det dei åtte, tok dei. Alle byane dei budde i, og alle teltleirane sette dei eld på. Alt hærfanget, alt dei hadde teke i krigen både av folk og fe, tok dei med seg. Og fangane og hærfanget, alt dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels-folket, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Moses, presten Elasar og alle hovdingane i folket gjekk til møtes med dei utanfor leiren. Moses var harm på hærførarane som kom heim att frå hærferda, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann. Han sa til dei: «Har de spart alle kvinnene? Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka israelittane til truløyse mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens folk. No skal de slå i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn. Men alle unge jenter som ikkje har lege med menn, skal de spara. Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar. Alle klesplagg, alt som er laga av skinn eller geiteragg, og alle reiskapar av tre må de reinsa.» Presten Elasar sa til alle stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei føresegn i den lova som Herren har gjeve Moses: Gull og sølv, kopar og jern, tinn og bly, alt som toler eld, skal de la gå gjennom eld, så det vert reint. Og så skal det reinsast med reinsingsvatn. Men alt som ikkje toler eld, skal de ha i vatn. Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de vert reine; og sidan kan de koma inn i leiren.» Herren sa til Moses: «Du og presten Elasar og ættehovdingane i folket skal telja opp hærfanget dei har teke, både av folk og fe, og skifta det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av folket. Av krigarane skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av folk og storfe og esel og småfe. Dette skal takast av den halvparten som fell på krigarane, og du skal gje det til presten Elasar; det skal vera ei gåve til Herren. Av den halvparten som fell på resten av israelittane, skal du ta ein av femti, både av folk og storfe og esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.» Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde sagt Moses føre. Hærfanget, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 sauer, 72 000 oksar og kyr og 61 000 esel. Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn. Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 sauer – av dei var 675 avgift til Herren; 36 000 oksar og kyr – av dei var 72 avgift til Herren, og 30 500 esel – av dei var 61 avgift til Herren. Talet på menneske var 16 000 – av dei var 32 avgift til Herren. Avgifta som skulle vera ei gåve til Herren, gav Moses til presten Elasar, som Herren hadde sagt han føre. Den halvparten som fall på resten av israelittane, og som Moses hadde teke frå krigarane, den halvparten som folket fekk, var 337 500 sauer, 36 000 oksar og kyr, 30 500 esel og 16 000 menneske. Av denne halvparten, den som fall på israelittane, tok Moses ein av femti, både av folk og fe; han gav dei til levittane, som stod for tenesta i Herrens bustad, som Herren hadde sagt han føre. Så gjekk hærførarane fram for Moses, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann. Dei sa til han: «Tenarane dine har teke tal på dei krigarane vi hadde under oss, og det vanta ikkje ein mann. Og no kjem vi med ei gåve til Herren, slike ting av gull som kvar av oss har funne: armringar, armband, fingerringar, øyreringar og halskjeder. Det skal vera til soning for oss hjå Herren.» Moses og presten Elasar tok imot gullet dei kom med, alle slag fint arbeidde ting. Dei gåvene av gull som tusenmannsførarane og hundremannsførarane gav i avgift til Herren, var i alt 16 750 sekel. Men det hærfanget som mannskapet hadde vunne, tok dei sjølve. Då Moses og presten Elasar hadde teke imot gullet av tusenmannsførarane og hundremannsførarane, bar dei det inn i møteteltet. Det skulle minna Herren om israelittane. Rubens-sønene og Gads-sønene hadde ei stor mengd med fe. Då dei såg dei gode beitemarkene i Jaser og Gilead-landet, kom dei til Moses og presten Elasar og til hovdingane i folket og sa: «Atarot, Dibon, Jaser, Nimra, Hesjbon, El’ale, Sebam, Nebo og Beon, desse bygdene som Herren har vunne for Israels-folket, er gode febygder, og vi, tenarane dine, har mykje fe. Så sant du har godvilje for oss, sa dei, så lat tenarane dine få dette landet til odel og eige. Lat oss sleppa å fara over Jordan!» Moses svara: «Skal brørne dykkar gå i striden, medan de slår dykk til ro her? Kvifor tek de motet frå israelittane, så dei ikkje vil fara over til det landet Herren har gjeve dei? Det var det fedrane dykkar gjorde då eg sende nokre av dei frå Kadesj-Barnea for å sjå på landet. Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, tok dei motet frå israelittane, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei. Då vart Herren brennande harm, og han svor: Ingen av dei mennene som fór opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg lova Abraham, Isak og Jakob; for dei har ikkje fylgt meg som dei skulle, – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, av Kenas-ætta og Josva, son til Nun; for dei har trufast fylgt Herren. Så brennande harm vart Herren på israelittane at han lét dei flakka ikring i øydemarka i førti år, til han var borte, heile den ættleden som hadde gjort det som vondt var i Herrens augo. Og no vil de fara fram som fedrane dykkar, de avkom av syndige menn, og gjera Herrens brennande vreide mot Israel endå større! For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i øydemarka, og de fører ulukke over heile folket.» Då gjekk Rubens-sønene og Gads-sønene fram til Moses og sa: «Vi vil berre laga kveer for feet vårt her og byggja byar for kvinnene og borna våre. Men sjølve vil vi væpna oss så snøgt vi kan, og fara føre dei andre israelittane, til vi får ført dei dit dei skal. Men kvinnene og borna våre skal sitja att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet. Vi skal ikkje venda heim att før dei andre israelittane har fått kvar sin eigedom. For vi vil ikkje ta land saman med dei på hi sida av Jordan og lenger borte når vi får vår odelsjord her på austsida av Jordan.» Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de bur dykk til strid for Herren, og alle våpenføre menn mellom dykk fer over Jordan for Herren, til han har drive fiendane sine bort, og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn. Men gjer de ikkje dette, då syndar de mot Herren, og de skal få kjenna at synda finn dykk att. Bygg no byar for kvinnene og borna dykkar, og lag kveer for småfeet, men gjer òg det som de har lova!» Då sa Gads-sønene og Rubenssønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har sagt, herre. Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera her i byane i Gilead. Men vi, tenarane dine, alle som er budde til strid, skal gå over Jordan og kjempa for Herren, som du har sagt, herre.» Så tala Moses om dei til presten Elasar, til Josva Nunsson og til ættehovdingane i Israel. Han sa til dei: «Dersom Gads-sønene og Rubens-sønene, alle som er budde til strid, går over Jordan saman med dykk og kjempar for Herren, og landet vert teke, då skal de la dei få Gilead-landet til odel og eige. Men dersom dei våpenføre mennene dykkar ikkje går over saman med dykk, skal dei liksom de få eigedom i Kanaan.» Gads-sønene og Rubens-sønene tok til ords og sa: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera. Væpna vil vi fara over til Kanaan og strida for Herren. Men odelsjorda vår skal vera på denne sida av Jordan.» Så lét Moses Gads-sønene, Rubens-sønene og halvparten av ætta etter Manasse, son til Josef, få dei rika som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon og kong Og i Basan. Dei fekk både landet og byane og dei markene som låg kring byane. Gads-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer, Atrot-Sjofan, Jaser, Jogbeha, Bet-Nimra og Bet-Haran, festningsbyar med kveer for småfeet. Og Rubens-sønene bygde opp att Hesjbon, El’ale, Kirjatajim, Nebo, Ba’al-Meon og Sibma. Men namna vart endra; dei gav nye namn til byane dei bygde. Etterkomarane etter Makir, son til Manasse, fór til Gilead, tok landet og dreiv bort amorittane som budde der. Og Moses gav Makir, son til Manasse, Gilead-landet, og han busette seg der. Ja’ir, son til Manasse, fór av stad og tok teltbyane der. Og han kalla dei Ja’irs teltbyar. Nobah fór òg av stad og tok Kenat og småbyane der ikring. Han kalla byen Nobah, etter seg sjølv. Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då Moses og Aron førte dei ut or Egypt, flokk for flokk. Etter påbod frå Herren skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på ferdene sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå: Den femtande dagen i den fyrste månaden tok dei ut frå Ramses. Det var dagen etter påskehøgtida israelittane fór av stad, med fast vilje, midt for augo på alle egyptarane. Egyptarane heldt då på og gravla alle sine fyrstefødde, som Herren hadde slege i hel hjå dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira. Då israelittane hadde fare frå Ramses, slo dei fyrst leir i Sukkot. Frå Sukkot tok dei ut og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av øydemarka. Då dei fór frå Etam, tok dei ei anna lei mot Pi-Hakirot, som ligg midt imot Ba’al-Safon, og dei slo leir framfor Migdol. Så tok dei ut frå Pi-Hakirot og gjekk gjennom sjøen til øydemarka. Og då dei hadde fare tre dagar gjennom Etam-øydemarka, slo dei leir i Mara. Så tok dei ut frå Mara og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der. Frå Elim tok dei ut og slo leir ved Sevsjøen. Frå Sevsjøen tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka. Frå Sin-øydemarka tok dei ut og slo leir i Dofka. Frå Dofka tok dei ut og slo leir i Alusj. Frå Alusj tok dei ut og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. Frå Refidim tok dei ut og slo leir i Sinai-øydemarka. Frå Sinai-øydemarka tok dei ut og slo leir i Kibrot-Hatta’ava. Frå Kibrot-Hatta’ava tok dei ut og slo leir i Haserot. Frå Haserot tok dei ut og slo leir i Ritma. Frå Ritma tok dei ut og slo leir i Rimmon-Peres. Frå Rimmon-Peres tok dei ut og slo leir i Libna. Frå Libna tok dei ut og slo leir i Rissa. Frå Rissa tok dei ut og slo leir i Kehelata. Frå Kehelata tok dei ut og slo leir ved Sjefer-fjellet. Frå Sjefer-fjellet tok dei ut og slo leir i Harada. Frå Harada tok dei ut og slo leir i Makhelot. Frå Makhelot tok dei ut og slo leir i Takat. Frå Takat tok dei ut og slo leir i Terah. Frå Terah tok dei ut og slo leir i Mitka. Frå Mitka tok dei ut og slo leir i Hasmona. Frå Hasmona tok dei ut og slo leir i Moserot. Frå Moserot tok dei ut og slo leir i Bene-Ja’akan. Frå Bene-Ja’akan tok dei ut og slo leir i Hor-Hagidgad. Frå Hor-Hagidgad tok dei ut og slo leir i Jotbata. Frå Jotbata tok dei ut og slo leir i Abrona. Frå Abrona tok dei ut og slo leir i Esjon-Geber. Frå Esjon-Geber tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka, i Kadesj. Frå Kadesj tok dei ut og slo leir ved Hor-fjellet, på grensa til Edom. Då gjekk Aron, presten, opp på Hor-fjellet, som Herren hadde sagt han føre. Og der døydde han i det førtiande året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, den fyrste dagen i den femte månaden. Aron var 123 år gamal då han døydde på Hor-fjellet. Då kanaanearkongen i Arad, som budde i Negev, fekk høyra at israelittane kom, tok dei ut frå Hor-fjellet og slo leir i Salmona. Frå Salmona tok dei ut og slo leir i Punon. Frå Punon tok dei ut og slo leir i Obot. Frå Obot tok dei ut og slo leir i Ijje-Abarim på grensa til Moab. Frå Ijjim tok dei ut og slo leir i Dibon-Gad. Frå Dibon-Gad tok dei ut og slo leir i Almon-Diblatajim. Frå Almon-Diblatajim tok dei ut og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo. Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Leiren deira låg langsmed Jordan og rakk frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab. På slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, tala Herren til Moses: Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan, skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund biletstøttene deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira. Så skal de ta landet i eige og busetja dykk der; for eg har gjeve dykk det til odel og eige. De skal skifta landet mellom dykk ved loddkasting, ætt for ætt. Ei stor ætt skal få stor eigedom og ei lita ætt mindre. Kvar skal få etter som loddet fell, og de skal få eigedom innanfor den ætta som de tilhøyrer. Men driv de ikkje folket i landet ut, då skal dei de sparer, verta som tornar i augo og broddar i sidene dykkar. Dei kjem til å plaga dykk i dykkar eige land. Og det eg hadde tenkt å gjera med dei, det vil eg gjera med dykk. Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i Kanaan, det landet de får til odel og eige, skal det ha desse grensene: Grensa i sør skal gå frå Sin-øydemarka langsmed Edom. I aust skal sørgrensa gå ut frå enden av Saltsjøen. Ho skal svinga sørom Akrabbim-skaret og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå til Asmon. Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og ut til havet i vest. I vest skal de ha Storhavet til grense; det skal vera grensa dykkar mot vest. I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de dra opp ei line til Hor-fjellet og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat; der skal grensa nå ut til Sedad. Så skal ho halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord. I aust skal de dra opp ei line frå Hasar-Enan til Sjefam. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austanfor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Gennesaret-sjøen. Så skal ho fylgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, og desse grensene skal det ha. Moses tala til israelittane og sa: Dette er det landet de skal få til odel og eige og dela ved loddkasting, det landet som Herren har sagt at dei ni ættene og den eine halve ætta skal få. For Rubens-ætta, Gads-ætta og halvparten av Manasse-ætta har alt fått odelsjord til ættgreinene sine. Desse to og ei halv ættene har fått sin eigedom på austsida av Jordan, mot solrenninga, midt for Jeriko. Herren sa til Moses: Dette er namna på dei mennene som skal skifta ut landet mellom dykk: presten Elasar, Josva Nunsson og så ein hovding for kvar ætt, som de skal velja til utskiftingsmenn. Her er namna på desse mennene: for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne; for Simeons-ætta Samuel, son til Ammihud; for Benjamins-ætta Elidad, son til Kislon; for Dans-ætta ein hovding, Bukki, son til Jogli; for Josefs-sønene ein hovding av Manasse-ætta, Hanniel, son til Efod, og ein hovding av Efraims-ætta, Kemuel, son til Sjiftan; for Sebulons-ætta ein hovding, Elisafan, son til Parnak; for Jissakars-ætta ein hovding, Paltiel, son til Assan; for Asjers-ætta ein hovding, Akihud, son til Sjelomi, og for Naftali-ætta ein hovding, Peda’el, son til Ammihud. Det var dei mennene Herren sette til å skifta ut Kanaan-landet mellom israelittane. Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, og sa: Sei til israelittane at dei av den eigedomen dei har fått, skal gje levittane byar å bu i. Og dei skal la dei få beitemarker kring desse byane. Byane skal dei ha til å bu i, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, for alle dyra dei eig. Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar. Utanfor byen skal de mæla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira. Dei byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fristadene de set av så drapsmenn kan røma dit, og dessutan skal de gje dei førtito andre byar. I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker. Og når de lèt dei få desse byane av odelsjorda åt israelittane, då skal de ta fleire frå dei store ættene og færre frå dei små. Kvar ætt skal gje levittane byar etter som dei har fått land til. Herren sa til Moses: Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan, skal de velja ut nokre byar som skal vera fristader. Dit kan ein drapsmann røma når han har slege einkvan i hel av vanvare. Desse byane skal vera fristader for den som rømer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rettes og fått sin dom av folket. Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera slike fristader. Tre av dei skal de ta på austsida av Jordan og tre i Kanaan. Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan røma dit. Den som slår nokon i hel med ein jernreiskap, han er ein drapsmann, og drapsmannen skal døy. Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy. Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy. Blodhemnaren kan slå drapsmannen i hel. Så snart han finn han, skal han drepa han. Dersom nokon støyter til ein mann i uvenskap eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr, eller i fiendskap slår han med neven så han døyr, då skal den som slo, bøta med livet. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren kan slå han i hel så snart han finn han. Men så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han mot sin vilje. Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt. Då skal folket døma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse lovene. Folket skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og la han fara attende til den fristaden han hadde rømt til. Og der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje. Men kjem drapsmannen utom den fristaden han har rømt til, og blodhemnaren råkar han der utanfor fristaden og slår han i hel, då har han inga blodskuld. For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten er død. Då fyrst kan han fara heim att til den jorda han eig. Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk frå ætt til ætt, kvar de så bur. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy så sant det er vitne mot han. Men etter éin manns vitnemål skal ingen dømast frå livet. De må ikkje ta imot løysepengar for å berga livet åt ein drapsmann som er skuldig til døden; han skal bøta med livet. De må heller ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, så han kan fara heim att før øvstepresten er død. De skal ikkje vanhelga det landet de bur i. For blod vanhelgar landet, og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der utan at gjerningsmannen døyr. De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint; for det landet bur eg i. Eg er Herren, som bur midt imellom israelittane. Leiarane for dei huslydane som var ætta frå Gilead, son til Makir, Manasses son, og som høyrde Josefs-ættene til, steig fram for Moses og leiarane, ættehovdingane i Israel og sa: Herren har sagt at du, herre, skal skifta landet mellom israelittane ved loddkasting. Og han har sagt, herre, at du skal la døtrene til Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin. Men gifter dei seg med menn frå dei andre Israels-ættene, går arven deira over frå eigedomen åt fedrane til den ætta dei no skal tilhøyra. Såleis minkar den eigedomen vi har fått. Når ettergjevingsåret kjem hjå israelittane, vert arven åt døtrene lagd til eigedomen i den ætta dei tilhøyrer. Han vert teken frå den odelsjorda som vår fedreætt fekk. Då tala Moses til israelittane så som Herren hadde sagt han føre: Det er rett det som leiarane i Josefs-ætta seier. Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med kven dei vil, berre dei gifter seg innan si eiga fedreætt. Så skal ingen eigedom i Israel gå over frå ei ætt til ei anna; men kvar israelitt skal halda fast på arven innan si fedreætt. Kvar dotter som arvar jord i ei av Israels-ættene, må gifta seg med ein mann frå hennar eiga fedreætt, så kvar israelitt kan arva odelsjord etter fedrane sine. Såleis skal ingen eigedom gå over frå ei ætt til ei anna; men alle Israels-ættene kan halda fast, kvar på sin arv. Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses. Makla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med sønene til farbrørne sine. Dei fekk menn som var ætta frå Manasse, son til Josef, så eigedomen deira kom til å fylgja den ætta dei tilhøyrde. Dette er dei bod og lover som Herren gav israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel i øydemarka austanfor Jordan, på Araba-sletta midt for Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab, elleve dagsreiser frå Horeb etter den vegen som fører over Se’ir-fjella til Kadesj-Barnea. Det var i det førtiande året, den fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til israelittane og kunngjorde alt det som Herren hadde sagt at han skulle tala til dei. Då hadde han vunne over amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre’i. Austanfor Jordan, i Moab, var det Moses tok til å leggja ut denne lova. Han sa: Herren vår Gud tala såleis til oss ved Horeb: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet. Ta no ut og far til fjell-landet åt amorittane og til grannefolka deira i Jordan-dalen, i fjellbygdene og i Sjefela, i Negev og utmed havet, til Kanaan-landet og til Libanon, heilt bort til Storelva, Eufrat. Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Far av stad og ta det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.» Den gongen sa eg til dykk: «Eg kan ikkje greia strevet med dykk åleine. Herren dykkar Gud har late dykk auka i tal, så de i dag er mange som stjernene på himmelen. Gjev Herren, dykkar fedrars Gud, må gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova. Men korleis kan eg åleine greia strevet og møda med dykk og trettene dykkar? Kom med nokre vise, vituge og velrøynde menn frå kvar ætt, så skal eg setja dei til førarar for dykk.» Då svara de meg: «Det er både rett og godt, det du rår oss til å gjera.» Så tok eg ættehovdingane dykkar, vise og velrøynde menn, og sette dei til leiarar og førarar for dykk, somme over tusen, somme over hundre, somme over femti og somme over ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for ættene. Den gongen gav eg domarane dykkar dette påbodet: «Høyr på landsmennene dykkar, og døm rettvist når nokon har sak med ein landsmann eller med ein innflyttar som bur hjå han. Gjer ikkje skil på folk i retten! Høyr på høg og på låg, og ver ikkje redde nokon; for domen høyrer Gud til. Men saker som er for vanskelege for dykk, skal de koma til meg med, så eg får høyra dei.» Den gongen sa eg frå om alt de skulle gjera. Så tok vi ut frå Horeb og fór gjennom heile den store og uhyggjelege øydemarka som de har sett. Vi fylgde vegen til fjell-landet åt amorittane, såleis som Herren vår Gud hadde sagt oss føre, og kom til Kadesj-Barnea. Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjell-landet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss. Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Far opp og ta det, som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!» Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk føre, så dei kan gjera seg kjende i landet og seia frå kva veg vi skal fara dit opp, og kva byar vi kjem til!» Det tykte eg vel om, og så tok eg ut tolv mann, ein frå kvar ætt. Dei gjekk av stad, fór opp i fjellet og kom til Esjkol-dalen. Dei endefór landet, tok noko av frukta som veks der, og hadde med seg ned til oss, og fortalde om det dei hadde sett: «Landet som Herren vår Gud vil gje oss, er eit godt land.» Men de ville ikkje fara dit. De sette dykk opp mot Herren dykkar Gud. De sat og murra i telta dykkar: «Herren hatar oss; difor har han ført oss ut or Egypt. Og no vil han gje oss i hendene på amorittane og rydja oss ut. Kva slag land er det vi fer opp til? Frendane våre tok reint motet frå oss då dei kom att og fortalde om eit folk som er større og høgare enn vi, og om store byar med himmelhøge festningsmurar. Der hadde dei sett anakittar òg.» Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skræma, og ver ikkje redde dei! Herren dykkar Gud går føre dykk. Han skal strida for dykk, så som de såg han gjorde i Egypt og sidan i øydemarka. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg, liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de fór, til de kom hit.» Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud, han som gjekk føre dykk på ferda og såg etter leirstader åt dykk, om natta i ein eld, så de kunne sjå den vegen de skulle gå, og om dagen i ei sky. Då Herren høyrde korleis de tala, vart han harm og svor: «Ingen av desse mennene, av denne vonde ætta, skal få sjå det gode landet som eg med eid har lova å gje fedrane dykkar. Berre Kaleb, son til Jefunne, skal få sjå det. Han og borna hans vil eg gje det landet han har sett foten på, fordi han så trufast har halde seg til Herren.» Meg òg vart Herren vreid på for dykkar skuld og sa: «Heller ikkje du skal få koma inn i landet. Men Josva Nunsson, som er tenaren din, han skal få koma inn. Gjer han djerv og sterk! For han skal hjelpa Israel til å vinna landet. Og småborna dykkar, som de trudde ville koma i fiendehand, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige. Men de må snu og fara ut i øydemarka, mot Sevsjøen.» Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi fara opp og strida, såleis som Herren vår Gud har sagt oss føre.» Så spente de på dykk våpna, alle som ein. De trudde det var lett å trengja inn i fjell-landet. Men Herren sa til meg: «Sei til dei at dei ikkje skal fara opp og strida, for eg er ikkje med dei, og dei kjem til å tapa for fiendane sine.» Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot Herren og var høgmodige nok til å fara opp i fjella. Då tok amorittane, som budde der i fjell-landet, ut mot dykk. Dei sette etter dykk som ein biesverm, vann over dykk i Se’ir og forfylgde dykk heilt til Horma. Så kom de att og gret og bad til Herren. Men Herren høyrde ikkje på dykk og lydde ikkje på klagene dykkar. Difor laut de bu i Kadesj heile den lange tida. Sidan vende vi oss mot øydemarka og tok vegen til Sevsjøen, som Herren hadde sagt til meg, og i lang tid fór vi og sveiv kring Se’ir-fjella. Då sa Herren til meg: «Lenge nok har de fare kring desse fjella. Ta no leia mot nord! Du skal seia til folket: Når de fer fram gjennom Se’ir, landet åt frendane dykkar, Esau-sønene, kjem dei til å verta redde for dykk. Men de skal akta dykk vel at de ikkje går til strid mot dei. Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for eg har late Esau få Se’ir-fjella til eigedom. Den maten de treng, lyt de kjøpa av dei for pengar, og vatnet de drikk, lyt de òg betala for. Herren din Gud har velsigna deg i alt du har teke deg føre. Og han har sytt for deg på ferda gjennom den store øydemarka. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting vanta.» Så tok vi av stad, bort frå frendane våre, Esau-sønene, som bur i Se’ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, den som går frå Eilat og Esjon-Geber, og heldt fram i ei anna lei, etter den vegen som fører til Moab-øydemarka. Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av landet deira, for Ar har eg gjeve Lots-sønene til eigedom. – I gamle dagar budde emittane der, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakittane og vart liksom dei rekna for refaittar; men moabittane kallar dei emittar. Før i tida budde det horittar i Se’ir. Men Esau-sønene dreiv dei bort og rudde dei ut og busette seg der i staden deira, så som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eigedom. – Ta no ut og gå over Sered-bekken!» Så gjekk vi over Sered-bekken. Då var det trettiåtte år sidan vi tok ut frå Kadesj-Barnea, og heile den gamle ættleden av våpenføre menn i leiren var utdøydd, som Herren hadde svore at det skulle gå dei. Herrens hand var vend mot dei, og han rudde dei ut or leiren til siste mann. Då alle våpenføre menn i folket var døde, tala Herren til meg og sa: «Når du no fer gjennom Moab-landet, gjennom Ar, og kjem bort imot ammonittlandet, skal du ikkje gå til strid mot dei og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av ammonittlandet, for det har eg gjeve Lots-sønene til eigedom.» Det òg vert rekna for eit refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar. Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren rudde dei ut for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg i landet deira. Det same hadde han gjort for Esau-sønene, som bur i Se’ir, då han rudde ut horittane for dei. Esau-sønene dreiv dei bort og busette seg i landet deira, og der har dei butt til denne dag. Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane, heilt fram til Gasa. Kaftorarane som kom frå Kaftor, rudde dei ut og busette seg i landet deira. Gjer dykk ferdige, far i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender. Ta til med å leggja det under deg, og gå til strid mot han! Etter denne dag vil eg la redsle og age for deg koma over alle folk under himmelen. Berre dei høyrer gjete deg, skal dei bivra og skjelva for deg. Frå Kedemot-øydemarka sende eg nokre menn til Sihon, kongen i Hesjbon, med tilbod om fred. Eg sa: «Lat meg få fara gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre. Den maten eg treng, skal eg kjøpa av deg for pengar, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg betala deg for. Eg vil berre fara til fots gjennom landet – som Esau-sønene i Se’ir og moabittane i Ar gav meg lov til – så eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.» Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss fara gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, fordi han ville gje han i dine hender, som han no har gjort. Og Herren sa til meg: «Sjå, no gjev eg deg makt over Sihon og landet hans. Gå til verket og legg landet under deg!» Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville strida mot oss. Men Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren hans. Den gongen tok vi alle byane hans og bannstøytte kvar byen, både menn, kvinner og born. Ingen vart att, og ingen slapp unna. Berre bufeet eigna vi til oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke. Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og frå byen nede i dalen heilt til Gilead fanst det ikkje ein einaste by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald. Men ammonittlandet lét du vera i fred, både landet langs Jabbok-elva og byane oppi fjellet, alt det som Herren vår Gud hadde sagt at vi ikkje skulle ta. Så tok vi ei anna lei og fór oppover på vegen til Basan. Ved Edre’i kom Og, kongen i Basan, med heile hæren sin og ville strida mot oss. Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.» Så gav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi hogg dei ned; ingen vart att, og ingen slapp unna. Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje ein by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket åt Og i Basan. Alle desse var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei stor mengd med landsbyar. Vi bannstøytte dei, som vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by bannstøytte vi, både menn, kvinner og born. Men alt bufeet og hærfanget frå byane tok vi med oss. Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austanfor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet. Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir. Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre’i, to byar i riket åt Og i Basan. Kong Og i Basan var den siste av refaittane som var att. Kista hans står, som alle veit, i Rabba i Ammon. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål. Då vi tok dette landet, gav eg bygdene frå Aroer ved Arnon-dalen og halvparten av fjell-landet i Gilead med byane der til Rubens-ætta og Gads-ætta. Det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argob-landet, gav eg til den eine halvparten av Manasse-ætta. Heile dette Basan-riket kalla dei refaittlandet. Ja’ir, son til Manasse, tok heile Argob-landet, radt til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane. Han gav Basan namn etter seg sjølv og kalla det Ja’irs teltbyar, og så har det heitt til denne dag. Gilead lét eg Makir få, og Rubens-ætta og Gads-ætta gav eg landet frå Gilead til Arnon-dalen, såleis at grensa gjekk midt i elva, til Jabbok-elva, som er grense mot ammonittane, og Araba-sletta med Jordan som grense frå Gennesaret-sjøen til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, og Pisga-liene i aust. Då sa eg til dykk: «Herren dykkar Gud har late dykk ta dette landet i eige. Bu dykk no, alle våpenføre menn, og far føre brørne dykkar, israelittane! Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk. Men når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud gjev dei vestanfor Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom, som eg har gjeve dykk.» Den gongen sa eg til Josva: «Med eigne augo har du sett alt det som Herren dykkar Gud gjorde med desse to kongane. Det same vil Herren gjera med alle dei kongerika du no er på veg til. Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv strida for dykk.» Den gongen bad eg inderleg til Herren: «Herre vår Gud, frå fyrste stund har du late tenaren din sjå ditt velde og di sterke hand. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du? Lat meg få koma over og sjå det gode landet på hi sida av Jordan, dette fagre fjell-landet og Libanon!» Men Herren var harm på meg for dykkar skuld og ville ikkje høyra på meg. «Det er nok,» sa han. «Tal ikkje til meg om dette meir! Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend augo dine mot vest og nord og sør og aust og sjå deg ikring! For du skal aldri koma over Jordan. Gjev oppdraget til Josva og gjer han djerv og sterk! For han skal føra dette folket over og hjelpa dei til å vinna det landet som du no får sjå.» Så gav vi oss til der i dalen, midt for Bet-Peor. Så høyr no, Israel, dei føresegner og bod som eg lærer dykk! Hald dykk etter dei, så de kan få leva og koma inn i det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, vil gje dykk, og ta det i eige. De skal ikkje leggja noko til det eg byd dykk, og ikkje ta noko ifrå, men halda dei boda frå Herren dykkar Gud som eg gjev dykk. Med eigne augo såg de kva Herren gjorde ved Ba’al-Peor. Kvar mann som heldt seg til Ba’al-Peor, rudde Herren din Gud ut or folket. Men de som heldt fast ved Herren dykkar Gud, har alle fått leva til denne dag. Sjå, eg har lært dykk føresegner og bod, såleis som Herren min Gud sa til meg, så de skal leva etter dei i det landet de no går inn i og legg under dykk. Så legg då vinn på å leva etter dei! For då får de ord for visdom og klokskap hjå andre folkeslag. Når dei høyrer alle desse føresegnene, kjem dei til å seia: «Kor vist og vitug det er, dette store folket!» Kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har ein gud som er folket sitt så nær som Herren vår Gud er oss kvar gong vi kallar på han? Og kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har så rettvise føresegner og bod som heile den lova eg legg fram for dykk i dag? Ta deg i vare og akta deg vel, så du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri gå deg or minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å ottast meg alle sine dagar på jorda, og læra borna sine det same.» Då kom de og stod innmed foten av fjellet, medan fjellet stod i ljos loge høgt opp mot himmelen, med mørker, skyer og skodd ikring. Og Herren tala til dykk ut or elden. De høyrde orda, men nokon skapnad såg de ikkje. Det var berre ei røyst de høyrde. Han kunngjorde dykk pakta si som han baud dykk å halda, dei ti bodorda, og han skreiv dei på to steintavler. Same gongen baud Herren meg å læra dykk dei føresegner og bod som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk. De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk på Horeb, midt ut or elden. Ta dykk difor vel i vare, og far ikkje så ille åt at de lagar dykk gudebilete i nokon skapnad, bilete av mann eller kvinne, bilete av noko dyr på jorda eller nokon fugl som flyg under himmelen, bilete av noko kryp på marka eller av nokon fisk i vatnet under jorda. Og når du lyfter augo dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, då må du ikkje la deg riva med, så du bøyer deg og tilbed dei og dyrkar dei. Alt dette har Herren din Gud gjeve til alle andre folk under himmelen, men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, or Egypt, så de skal vera hans eige folk, som de er i dag. Men Herren vart vreid på meg for dykkar skuld og svor at eg ikkje skulle få gå over Jordan og koma inn i det gode landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eige. Eg må døy i dette landet og får ikkje koma over Jordan. Men de skal få gå over og ta det gode landet i eige. Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk. Lag dykk ikkje gudebilete i nokon skapnad! Det har Herren din Gud forbode deg. For Herren din Gud er ein øydande eld, ein brennhuga Gud. De skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Ber de dykk så ille åt at de lagar gudebilete i ein eller annan skapnad og såleis gjer det som er Herren dykkar Gud imot og harmar han, skal de snart verta utrudde or det landet de får i eige når de går over Jordan. Det tek eg himmel og jord til vitne på. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne. Herren skal spreia dykk mellom folka. Berre nokre få av dykk skal vera att mellom dei folkeslaga han fører dykk bort til. Der må de dyrka gudar som menneskehender har laga, stokk og stein, som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta. Og dersom du søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarta og heile din hug. Når du er i trengsle, og alt dette kjem over deg, langt fram i tida, skal du venda om til Herren din Gud og lyda orda hans. For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og lèt deg ikkje gå til grunne. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid. Spør berre om dei framfarne dagar, som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneske på jorda, og spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, eller har nokon høyrt om slikt? Har eit folk høyrt Gud tala ut or elden, så som du gjorde, og endå fått leva? Eller har nokon gud freista å koma og ta seg eit folk og føra det bort frå eit anna folk med plager og teikn, med under og krig, med sterk hand og strak arm og store, skræmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt. Du fekk sjå det, så du skulle vita at Herren er Gud, han og ingen annan. Frå himmelen lét han deg høyra røysta si, fordi han ville rettleia deg. Og på jorda synte han deg den store elden sin, og midt ut or elden høyrde du orda hans. Han elska fedrane dine og valde ut ætta deira; difor førte han deg ut or Egypt med si store makt. For di skuld dreiv han ut folkeslag som var større og sterkare enn du, førte deg inn i landet deira og lét deg få det til odel og eige, som det er i dag. Så skal du no vita og leggja deg på hjarta at Herren er Gud, både oppi himmelen og nedpå jorda, han og ingen annan. Du skal halda føresegnene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg og borna dine vel, og du skal få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid. På den tid skilde Moses ut tre byar austanfor Jordan. Dit kunne ein drapsmann røma når han hadde slege nokon i hel av vanvare og ikkje bar hat til han frå før. Rømde han til ein av desse byane, berga han livet. Det var Beser på slettelandet i øydemarka for Rubens-ætta, Ramot i Gilead for Gads-ætta, og Golan i Basan for Manasse-ætta. Dette er den lova Moses la fram for israelittane. Og dette er dei bod, føresegner og domar som Moses kunngjorde for israelittane på ferda frå Egypt. Det hende austanfor Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som hadde høyrt amorittkongen Sihon til, han som budde i Hesjbon. Moses og israelittane vann over han då dei kom frå Egypt. Og dei tok både hans land og landet åt Og, kongen i Basan. Det var desse to amorittkongane som rådde over landet i aust, på hi sida av Jordan, frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, til Sirjon-fjellet, det er Hermon, og heile Araba-sletta austanfor Jordan, radt til Araba-sjøen nedanfor Pisga-liene. Moses kalla saman heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei føresegner og bod som eg kunngjer dykk i dag. Lær dei og legg vinn på å leva etter dei! Herren vår Gud gjorde pakt med oss ved Horeb. Det var ikkje med fedrane våre han gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag. Åsyn til åsyn tala Herren med dykk på fjellet, midt ut or elden. Eg stod mellom Herren og dykk den gongen og bar Herrens ord fram for dykk. For de var redde elden og gjekk ikkje opp på fjellet. Han sa: Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. Du skal ikkje laga deg noko gudebilete, ikkje noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje bøya deg og tilbe dei og ikkje dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden når dei hatar meg, men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans. Du skal akta på kviledagen og halda han heilag, så som Herren din Gud har bode deg! Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning. Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller tenaren din eller tenestkvinna di eller oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren i byane dine. Tenaren og tenestkvinna skal få kvila, dei som du. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og strak arm. Difor har Herren din Gud sagt deg at du skal halda sabbatsdagen. Æra far din og mor di, som Herren din Gud har bode deg; då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg. Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din eller jorda hans, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til. Desse orda tala Herren oppe på fjellet med høg røyst til dykk, heile Israels-lyden, midt ut or elden, skya og mørkret. Meir sa han ikkje. Men han skreiv boda på to steintavler, som han gav meg. Då de høyrde røysta ut or mørkret, medan fjellet stod i ljos loge, kom de til meg, alle ættehovdingane og dei eldste mellom dykk, og sa: «Sjå, Herren vår Gud har synt oss sin herlegdom og sitt velde, og vi har høyrt røysta hans ut or elden. I dag har vi sett at Gud kan tala med menneske utan at dei døyr. Kvifor skal vi då døy no? Denne store elden kjem til å tyna oss. Høyrer vi endå lenger på røysta åt Herren vår Gud, så døyr vi. Kvar finst det eit menneske på jorda som har høyrt den levande Gud tala midt ut or elden, så som vi, og endå fått leva? Gå du bortåt og høyr kva Herren vår Gud seier! Så kan du leggja det fram for oss, alt det han talar til deg, og vi skal høyra og lyda.» Då Herren høyrde dei orda de tala til meg, sa han til meg: «Eg høyrde kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier. Gjev dei alle sine dagar må ha det same huglaget, så dei ottast meg og held alle boda mine. Då skal det alltid gå dei og borna deira vel. Gå bort og sei til dei: Far heim att til telta dykkar! Men du skal vera att her hjå meg. Eg vil kunngjera deg alle dei bod, føresegner og domar som du skal læra dei, så dei kan leva etter dei i det landet eg gjev dei til eige.» Så legg då vinn på å gjera det som Herren dykkar Gud har sagt dykk. Og vik ikkje av, korkje til høgre eller venstre! Fylg alltid den vegen som Herren dykkar Gud har sagt at de skal gå! Då skal de få leva; det skal gå dykk vel, og de skal få bu lenge i det landet de legg under dykk. Dette er dei bod, føresegner og domar som Herren dykkar Gud sa at eg skulle læra dykk, og som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk. Du skal ottast Herren din Gud så lenge du lever, og halda alle føresegnene og boda hans som eg gjev deg, både du og son din og soneson din, så du kan få eit langt liv. Så høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter Herrens bod! Då skal det gå deg vel, og de skal aukast og verta mange i det landet som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg. Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine. No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg. Der er det store, fine byar som du ikkje har bygt, hus fulle av alle gode ting som du ikkje har samla, utgravne brunnar som du ikkje har grave, vingardar og oliventre som du ikkje har planta. Når du kjem dit og får eta deg mett, ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Herren din Gud skal du ottast, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja. Hald dykk ikkje til andre gudar, som grannefolka dykkar dyrkar. For Herren din Gud, som er midt imellom dykk, han er ein brennhuga Gud. Han kunne harmast på deg og rydja deg ut frå jorda. De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, så som de gjorde ved Massa. Legg vinn på å halda dei lover, bod og føresegner som Herren dykkar Gud har gjeve deg, og gjer det som er rett og godt i hans augo. Då skal det gå deg vel, og du skal få koma inn i det gode landet som Herren svor at han ville gje fedrane dine, og ta det i eige. Herren skal driva ut alle fiendar for deg, så som han har sagt. Når son din sidan spør deg korleis det har seg med dei bod, føresegner og domar som Herren vår Gud har gjeve dykk, skal du svara: «Vi var trælar hjå farao i Egypt, men Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand. Med eigne augo såg vi korleis Herren i Egypt gjorde store teikn og under som førte ulukke over farao og heile hans hus. Men oss førte han ut derifrå, for han ville leia oss inn i det landet som han med eid hadde lova fedrane våre, og gje oss det. Då baud han oss å halda alle desse føresegnene og ottast Herren vår Gud, så det skulle gå oss vel alle dagar, og han kunne la oss leva, som han har gjort til denne dag. Når vi legg vinn på å leva etter alle desse boda som Herren vår Gud har gjeve oss, då står vi rettferdige for han.» Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, vil han driva ut mange folkeslag for deg: hetittane, girgasjittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, sju folkeslag som er større og sterkare enn du. Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du bannstøyta dei. Du må ikkje gjera pakt med dei og ikkje visa dei nåde. Du må ikkje ha samgifte med dei. Gjev ikkje døtrene dine til sønene deira, og ta ikkje døtrene deira til koner åt sønene dine! For då får dei sønene dine til å gå bort frå meg og dyrka andre gudar. Og då kjem Herrens vreide til å loga mot dykk, og han vil rydja deg ut på kort tid. Nei, så skal de gjera med dei: De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogga ned Asjera-pålane og brenna gudebileta. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Deg har Herren din Gud valt ut mellom alle folk på jorda til å vera hans eige folk. Når Herren hadde godhug for dykk og valde dykk ut, var det ikkje fordi de var større enn alle andre folk; for de er det minste av alle folka. Men Herren elska dykk og ville halda den eiden han hadde svore fedrane dykkar. Difor førte han dykk bort med sterk hand og fria deg ut or trælehuset, or hendene på farao, egyptarkongen. Så må du vita at Herren din Gud, han er Gud, den trufaste Gud, som held si pakt og gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar han og held boda hans. Men den som hatar han, løner han med undergang. Han er ikkje sein til å løna den som hatar han. Så hald då fast ved dei bod, føresegner og domar som eg no gjev deg, og lev etter dei! Dersom de lyder desse boda og legg vinn på å leva etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si miskunn og den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid. Han skal elska deg og velsigna deg og gjera ætta di stor. Han skal velsigna borna dine og grøda di, kornet og vinen og oljen, det som vert født av storfe, og det som kjem til mellom småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg. Velsigna skal du vera framom alle andre folk; hjå deg skal det ikkje finnast nokon som er utan avkom, korkje menn eller kvinner eller noko av husdyra dine. All sjukdom skal Herren halda borte frå deg, og ingen av dei stygge farsottene som du kjenner frå Egypt, skal han senda over deg, men over alle fiendane dine skal han la dei koma. Du skal gjera ende på alle dei folk som Herren din Gud gjev deg makt over, og ikkje spara dei. Og gudane deira må du ikkje dyrka; for det ville verta ei felle for deg. Men om du tenkjer som så: «Desse folka er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?» så ver ikkje redd dei! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med farao og alle egyptarane! Kom i hug dei store plagene som du såg for augo dine, teikna og undera, då Herren med sterk hand og strak arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd for. Han skal jamvel senda redsle og rådløyse mellom dei, til dess dei er borte, alle dei som er att eller har gøymt seg for deg. Lat deg ikkje skræma av dei; for Herren din Gud er hjå deg, ein stor og ageleg Gud. Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folka ut for deg. Du skal ikkje gjera ende på dei med ein gong; då kunne villdyra verta for mange for deg. Herren din Gud skal gje deg makt over folka og gjera dei rådlause og redde, til dei vert utrudde. Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal stryka ut namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg, og snart er det ute med dei. Gudebileta deira skal de kasta på elden. Du skal ikkje bry deg om sølvet og gullet på dei og eigna det til deg. Det ville verta ei snare for deg; for det er ein styggedom for Herren din Gud. Lat ikkje slik styggedom koma inn i huset ditt, så du vert bannlyst liksom det. Du skal styggjast ved det og sky det, for det er bannlyst. Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige. Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn. Kleda dine vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra. Så må du då skjøna at Herren din Gud vil oppseda deg liksom ein mann oppsedar son sin. Hald boda åt Herren din Gud! Gå på hans vegar, og ha age for han! Sanneleg, Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som kjem fram i dalane og på fjella, eit land med kveite og bygg, med vintre, fikentre og granataplar, eit land med oliventre og honning. Der skal du ikkje leva i armod og ikkje vanta noko. Der er det jern i steinane, og der kan du bryta ut kopar or fjellet. Når du så får eta deg mett, skal du prisa Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg. Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda lovene, boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag. Når du kan eta deg mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mykje gull og sølv og all din eigedom veks, ta deg då i vare så du ikkje vert hovmodig og gløymer Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg. Han gav deg manna i øydemarka, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt gjete. Alt dette gjorde han av di han ville audmykja deg og prøva deg og så gjera vel imot deg til sist. Difor skal du ikkje tenkja med deg sjølv at det er di eiga kraft og di sterke hand som har vunne deg denne rikdomen. Nei, kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Såleis vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid, som han gjer det i dag. Men gløymer du Herren din Gud og held deg til andre gudar, dyrkar dei og bøyer deg og tilbed dei, då er det ute med dykk, det seier eg dykk for visst. Liksom dei folkeslaga som Herren gjer ende på for dykk, såleis skal de òg gå til grunne, fordi de ikkje ville lyda Herren dykkar Gud. Høyr, Israel! I dag skal du gå over Jordan, koma inn i landet og driva bort folkeslag som er større og sterkare enn du, og som har store byar med himmelhøge festningsmurar. Der er anakittane, som du kjenner, eit stort og høgvakse folk. Om dei har du høyrt det ordet: «Kven kan stå seg mot anakittane?» Men i dag skal du vita at Herren din Gud, som går føre deg som ein øydande eld, han skal rydja dei ut. Han skal kua dei for deg, så du på kort tid kan driva dei bort og gjera ende på dei, som Herren har sagt deg. Når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje tenkja som så: «Det er på grunn av mi eiga rettferd at Herren har late meg koma inn i dette landet og leggja det under meg.» Nei, Herren driv desse folkeslaga ut fordi dei er så gudlause. Det er ikkje fordi du er rettferdig og ærleg at du kjem inn i landet deira. Men Herren din Gud driv desse folkeslaga ut for deg fordi dei er gudlause, og fordi Herren vil halda den lovnaden han med eid gav fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob. Så skal du då vita at det ikkje er på grunn av di rettferd Herren din Gud lèt deg vinna dette gode landet. For du er eit stridlyndt folk. Kom i hug og gløym ikkje korleis du gjorde Herren din Gud harm i øydemarka. Heilt frå den dagen de gjekk ut or Egypt, og til de kom hit, har de sett dykk opp mot Herren. Alt ved Horeb harma de Herren. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk. Det var den gongen eg gjekk opp på fjellet og skulle ta imot steintavlene, tavlene som tilhøyrer den pakta Herren hadde gjort med dykk. Eg var på fjellet i førti dagar og førti netter og smaka korkje mat eller drikke. Herren gav meg dei to steintavlene. Dei hadde Gud sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut or elden, på fjellet, den dagen de var samla. Då dei førti dagane og nettene var lidne, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene. Og Herren sa til meg: «Stå opp og skunda deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut or Egypt, har bore seg ille åt. Dei har vore snare til å vika av frå den vegen eg baud dei å gå. Dei har støypt seg eit gudebilete. Eg har sett kor stridlyndt det er, dette folket,» sa Herren. «Lat meg vera i fred, så vil eg gjera ende på dei og stryka ut namnet deira under himmelen. Og eg vil gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.» Så snudde eg meg og gjekk ned av fjellet, som stod i ljos loge, og dei to pakttavlene hadde eg i hendene. Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren dykkar Gud og laga dykk ein støypt kalv. De hadde vore snare til å vika av frå den vegen Herren hadde sagt de skulle gå. Og eg tok dei to tavlene som eg hadde i hendene, kasta dei frå meg og slo dei sund, medan de stod og såg på. Så bøygde eg meg til jorda for Herren, liksom førre gongen. Og i førti dagar og førti netter smaka eg korkje mat eller drikke, fordi de hadde synda så grovt og gjort det som vondt var i Herrens augo, og såleis eggja han til harme. Eg ottast at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville rydja dykk ut. Men Herren høyrde bøna mi den gongen òg. Jamvel Aron var Herren så harm på at han ville tyna han. Difor bad eg for Aron òg den gongen. Men kalven, det syndige biletet de hadde laga, tok eg og kasta på elden. Eg knasa han og mol han til fint støv. Og støvet kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet. I Tabera, Massa og Kibrot-Hatta’ava eggja de òg Herren til harme. Og då han sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle fara opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, trassa de påbodet frå Herren dykkar Gud. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på det han sa. Så lenge eg har kjent dykk, har de vore trassige mot Herren. Så låg eg på kne for Herrens åsyn i førti dagar og førti netter; for han hadde sagt at han ville rydja dykk ut. Og eg bad til Herren: Herre min Gud, gjer ikkje ende på folket ditt, ditt eige folk som du i ditt velde løyste ut og førte ut or Egypt med sterk hand. Kom i hug tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor stridlyndt, gudlaust og syndig det er, dette folket! Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut or: «Herren makta ikkje å føra dei inn i det landet han hadde lova dei, og han hata dei. Difor førte han dei ut i øydemarka og lét dei døy der.» Dei er då ditt eige folk, som du har ført ut med di store kraft og din sterke arm. Den gongen sa Herren til meg: «Hogg til to steintavler, like eins som dei fyrste, og kom opp på fjellet til meg! Lag deg dessutan ei trekiste! Så skal eg skriva dei same orda på desse tavlene som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja tavlene i kista.» Då laga eg ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like eins som dei fyrste, og gjekk opp på fjellet med tavlene i handa. Herren skreiv det same på tavlene som fyrste gongen, dei ti bodorda som han hadde forkynt for dykk på fjellet, midt ut or elden, den dagen de var samla. Og han gav dei til meg. Eg snudde meg og gjekk ned av fjellet. Tavlene la eg i den kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, så som Herren hadde sagt meg. Sidan tok israelittane ut frå Bene-Ja’akan-kjeldene og kom til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han. Derifrå heldt dei fram til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker. På den tid skilde Herren ut Levi-ætta til å bera Herrens paktkiste og til å stå for Herrens åsyn, gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag. Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. Herren er hans arv, såleis som Herren din Gud har sagt til han. Så vart eg verande på fjellet i førti dagar og førti netter, liksom fyrste gongen. Og Herren høyrde bøna mi denne gongen òg. Han ville ikkje tyna deg. Sidan sa Herren til meg: «Stå opp, ta ut og gå føre folket, så dei kan koma inn i det landet som eg med eid lova at eg ville gje fedrane deira, og leggja det under seg.» Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? At du skal ottast Herren din Gud, så du går på alle hans vegar, elskar og tener han av heile ditt hjarta og heile din hug, og at du skal halda Herrens bod og føresegner, som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg vel. Sjå, himmelen, den høge himmel, og jorda med alt det som der finst, høyrer Herren din Gud til. Men endå var det berre fedrane dine han fekk godhug for og elska. Og sidan valde han ut dykk, etterkomarane deira, framom alle andre folkeslag, som vi ser det i dag. Så omskjer då hjarto dykkar, og ver ikkje lenger så stridlyndte! For Herren dykkar Gud, han er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter. Han hjelper den farlause og enkja til retten deira og elskar innflyttarane, så han gjev dei mat og klede. Difor skal de òg elska innflyttarane; de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Herren din Gud skal du ottast. Han skal du tena og halda deg til, og ved hans namn skal du sverja. Han er di ære, og han er din Gud, som har gjort desse store og agelege gjerningane for deg, som du har sett for augo dine. Fedrane dine var sytti i talet då dei fór ned til Egypt. Men no har Herren din Gud gjort deg uteljande som stjernene på himmelen. Så elska då Herren din Gud og retta deg alltid etter det han har fastsett, føresegnene, domane og boda hans! Borna dykkar har ikkje kjent og ikkje sett korleis Herren dykkar Gud har tukta og rettleitt dykk. Men de kjenner i dag hans velde, hans sterke hand og strake arm, dei teikn og gjerningar han gjorde i Egypt mot farao, egyptarkongen, og heile landet hans; det han gjorde med egyptarhæren, med hestane og vognene deira, då han lét vatnet i Sevsjøen strøyma i hop over dei medan dei forfylgde dykk, og gjorde ende på dei for alltid, det han gjorde for dykk i øydemarka alt til de kom hit, det han gjorde med Datan og Abiram, sønene til Eliab, son til Ruben, den gongen jorda opna gapet og gløypte dei og huslydane deira, telta deira og kvart levande liv som var med dei, midt imellom alle israelittane. Ja, med eigne augo har de sett alle dei storverk Herren har gjort. Så hald då alle dei boda eg gjev dykk i dag! Då skal de verta sterke og koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk. Og de skal få leva lenge på den jorda som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Det landet du no går inn i og legg under deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som de fór ifrå. Der laut du, liksom i ein grønsakhage, bruka foten når jorda skulle vatnast, kvar gong du hadde sått. Men det landet de no fer over til og skal ta i eige, er eit land med fjell og dalar, som får si væte av regnet frå himmelen. Det er eit land som Herren din Gud har omsut for, og alltid kviler augo hans på det, frå året byrjar til det endar. Dersom de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug, skal eg la landet få regn i rette tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn kornet og vinen og oljen. Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett. Men akta dykk vel at de ikkje lèt dykk lokka til fråfall, så de dyrkar andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei. For då logar Herrens vreide opp mot dykk. Han stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk. Så legg dykk då desse orda mine på hjarta og minne! Bind dei på handa til merke og ber dei på panna som ein minnesetel! Lat borna læra dei på den måten at du talar om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine! Då skal de og borna dykkar få leva lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda. Legg de vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei, elskar de Herren dykkar Gud, går de alltid på hans vegar og held dykk til han, så skal Herren driva ut alle desse folkeslaga for dykk, og de skal jaga bort folk som er større og sterkare enn de. Kvar stad som de set foten på, skal høyra dykk til. Frå øydemarka og Libanon, frå Storelva, Eufrat, til havet i vest skal grensene dykkar gå. Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal la heile det landet som de set foten på, skjelva av redsle for dykk, så som han har lova. Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning: velsigning, så sant de lyder boda åt Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag; forbanning, dersom de ikkje lyder boda åt Herren dykkar Gud, men vik av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og held dykk til andre gudar, som de ikkje kjenner. Når Herren din Gud har ført deg til det landet du no går inn i og legg under deg, skal du lysa velsigning på Garisim-fjellet og forbanning på Ebal-fjellet. Desse fjella ligg, som de veit, på hi sida av Jordan, mot vest, i landet åt dei kanaanearane som bur i Jordan-dalen, midt for Gilgal, ved More-eika. No skal de gå over Jordan og inn i det landet som Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk. Når de har teke det og busett dykk der, sjå då til at de lever etter alle dei føresegner og bod som eg legg fram for dykk i dag. Dette er dei føresegner og bod som de skal leggja vinn på å leva etter i det landet Herren, dine fedrars Gud, gjev deg til eigedom, så lenge de lever i landet. De skal øydeleggja alle stadene der dei dyrkar gudane sine, dei folka som de driv bort, på høge fjell og haugar og under kvart grønt tre. De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og rydja ut namna deira frå desse stadene. Når de dyrkar Herren dykkar Gud, skal de ikkje gjera det på den måten. Men de skal søkja til den staden Herren dykkar Gud vel ut mellom alle ættene dykkar, der han vil la namnet sitt bu. Dit skal du koma. Og der skal de bera fram brennoffer og slaktoffer, tiender og avgifter, lovnadsoffer og friviljuge offer, og dei fyrstefødde dyra av storfeet og småfeet. Der skal de halda måltid for Herren dykkar Guds åsyn, de og huslydane dykkar, og gleda dykk over alt det de har vunne med arbeidet dykkar, alt som Herren din Gud har velsigna deg med. De må ikkje bera dykk såleis åt som vi gjer her i dag. No gjer kvar som han sjølv finn for godt. Enno er de ikkje komne fram til den staden der de kan slå dykk til ro, til den odelen som Herren din Gud gjev deg. Fyrst skal de gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud gjev dykk til odel og eige. Han vil la dykk få ro for alle fiendar rundt ikring, så de kan bu trygt. Då skal den staden som Herren dykkar Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, vera den einaste staden de kjem til med alt eg har bode dykk: brennoffera og slaktoffera dykkar, tiendene og avgiftene og alle utvalde offer som de lovar Herren. De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds åsyn, de og sønene og døtrene dykkar, trælane og trælkvinnene dykkar og levittane som bur i byane dykkar, for dei har ingen arv og del saman med dykk. Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar heilag stad du ser. Berre på den staden Herren vel seg ut i ei av ættene dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg. Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort. Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn! Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av kornet ditt, vinen din eller oljen din, heller ikkje det som er fyrstefødt av storfeet og småfeet ditt, eller noko av lovnadsoffera og dei friviljuge offera du gjev, og avgiftene du ber fram. Men du skal eta det for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel seg ut, du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di og levittane som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn over alt det du har vunne med arbeidet ditt. Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever på jorda di. Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, så som han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt,» fordi du har hug på det, kan du eta kjøt så mykje du vil. Har du lang veg til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, kan du gjera som eg har sagt deg, du kan slakta av storfeet og småfeet ditt som Herren gjev deg, og eta av det heime hjå deg sjølv så mykje du har hug på. Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det. Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet. Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn! Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens augo. Men dei heilage gåvene som du vil gje, og lovnadsoffera skal du ta med deg til den staden Herren vel seg ut. Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret åt Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta. Legg vinn på å lyda alle desse boda som eg gjev deg! Då skal det alltid gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som godt og rett er i augo åt Herren din Gud. Herren din Gud vil rydja ut for deg dei folkeslaga som du no går imot og driv bort. Når du har drive dei bort og busett deg i landet deira, sjå då til at du ikkje lèt deg lokka til å fylgja i fotefaret deira etter at dei har vorte utrudde for di skuld. Du skal ikkje spørja etter gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folka gudane sine? Eg vil gjera som dei.» Når du dyrkar Herren din Gud, skal du ikkje fara åt som dei. Alt det Herren skyr og hatar, det gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei for gudane sine. Alle dei bod eg gjev dykk, skal de leggja vinn på å leva etter. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå. Det kan henda at det står fram ein profet mellom dykk eller ein som har draumsyner, og lovar deg eit teikn eller under. Og går det som han spår, og han samstundes seier: «Kom, lat oss halda oss til andre gudar, som de ikkje kjenner, og dyrka dei», då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller draumsjåar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug. Herren dykkar Gud skal de fylgja, og han skal de ottast. Hans bod skal de halda, og hans ord skal de lyda; han skal de tena og halda dykk til. Men profeten eller draumsjåaren skal drepast fordi han lokka dykk til fråfall frå Herren dykkar Gud, som førte deg ut or Egypt og løyste deg or trælehuset, og fordi han ville få deg bort frå den vegen som Herren din Gud har sagt at du skal gå. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Det kan henda at bror din, som har same mor som du, eller son din eller dotter di, eller kona di som du tek i famn, eller venen din som du har så kjær som ditt eige liv, lokkar deg i løynd og seier: «Lat oss gå av og dyrka andre gudar!» – gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent, gudar som folka rundt ikring dykk dyrkar, anten nær ved eller langt borte, frå den eine enden av jorda til den andre. Då skal du ikkje gjera han til viljes og ikkje lyda han. Du skal ikkje ha medkjensle med han, ikkje spara han og ikkje halda di hand over han. Men du skal ta livet av han. Sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handa mot han, og sidan skal heile folket gjera det same. Du skal steina han i hel, fordi han prøvde å lokka deg bort frå Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Og heile Israel skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir gjer så stygg ei gjerning mellom dykk. Det kan henda du høyrer einkvan seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg til å bu i, at det har stige fram gudlause menn mellom dykk og lokka folket i byen med slike ord: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner. Då skal du granska saka vel, røkja etter og spørja deg føre. Syner det seg då at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort hjå deg, skal du hogga ned folket i den byen med sverd. Du skal bannstøyta han og alt som i han er. Jamvel buskapen skal du hogga ned med sverd. Alt hærfanget som er teke der, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja i røys og aldri byggjast opp att. Du må ikkje halda på eit grann av det som er bannlyst. Då skal Herren la sin brennande vreide fara og syna deg medkjensle. Og i si medkjensle skal han auka ætta di, som han med eid lova fedrane dine, så sant du lyder Herren din Gud og held alle boda hans som eg gjev deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo. De er søner åt Herren dykkar Gud. De må ikkje rispa dykk opp eller raka dykk snaue over panna når de syrgjer over ein som er død. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Deg har Herren valt ut mellom alle folk på jorda til å vera hans eige folk. Du skal ikkje eta noko som Herren styggjest ved. Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit, hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit. Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta. Av dyr som jortar, og av dyr med klauver som er kløyvde heilt igjennom, er det berre desse de ikkje må eta: kamelen, haren og fjellgrevlingen, for dei jortar nok, men har ikkje klauver; dei skal de halda for ureine. Like eins svinet, for det har klauver, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og når dei er daude, må de ikkje koma nær dei. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta. Men de må ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint. Alle reine fuglar kan de eta. Men desse fuglane må de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben, glenta og alle slag falkar, alle slag ramnar, strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, kattugla, hubroen og slørugla, pelikanen, åtselgribben og skarven, storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa. Alt kryp som har venger, skal de halda for ureint. Det må ikkje etast. Men alle reine fuglar kan de eta. De må ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine. Han kan eta det. Eller du kan selja det til ein utlending. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si. Kvart år skal du gje tiend av alt det som veks på marka. Du skal eta tienda av kornet ditt, vinen din og oljen din og dei fyrstefødde dyra av storfeet og småfeet ditt for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel ut til bustad åt namnet sitt, så du kan læra å ottast Herren din Gud alle dine dagar. Men er vegen for lang for deg, så du ikkje kan få tienda med deg, fordi staden som Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, er langt borte frå deg, og Herren din Gud har velsigna deg, kan du selja tienda. Og pengane skal du leggja i eit knyte og ta dei med deg til den staden Herren din Gud vel seg ut. Der kan du bruka dei til å kjøpa alt det du har hug på, storfe og småfe, vin og sterk drikk og alt det du elles ynskjer. Så skal du halda måltid for Herren din Guds åsyn og gleda deg, du og huslyden din. Heller ikkje må du gløyma levittane som bur i byane dine, for dei har ingen arv og del saman med deg. Men tredje kvart år skal du ta heile tienda av det du har avla det året, og samla det i byane dine. Så kan dei koma og eta seg mette, både levittane, som ikkje har nokon arv og del med deg, og innflyttarane og dei farlause og enkjene i byane dine. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre. Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår. Såleis skal du gå fram når du ettergjev gjeld: Kvar den som har noko til gode hjå ein landsmann, skal ettergje det. Han må ikkje krevja det att hjå frende eller landsmann, når det er utlyst ettergjeving frå Herren. Utlendingen kan du krevja. Men det du har til gode hjå landsmannen din, skal du ettergje. Med retten skulle det ikkje finnast fattige hjå deg; for Herren din Gud vil velsigna deg rikt i det landet han gjev deg til odel og eige, så sant du lyder Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle desse bodorda som eg gjev deg i dag. Når Herren din Gud velsignar deg, som han har lova, skal du låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. Du skal rå over mange folk, men ingen skal rå over deg. Når ein av landsmennene dine vert fattig i ein av byane i det landet Herren din Gud gjev deg, då skal du ikkje vera så hardhjarta at du lèt att handa for den fattige bror din. Du skal opna handa for han og låna han det han vantar og treng. Ta deg i vare, så ikkje den vonde tanken stig opp i deg: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret.» Sjå då ikkje med uvilje på den fattige bror din, men gjev han det han treng. Elles kjem han til å klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd. Gjev han viljug, og gjer det ikkje i tverrskap! Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre. Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: «Opna handa for bror din, for dei arme og fattige i landet ditt!» Når ein av landsmennene dine, mann eller kvinne, av hebrearætt, vert seld til deg, skal han tena hjå deg i seks år, men i det sjuande året skal du gje han fri og la han fara sin veg. Når du gjev han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt. Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. Gjev han av det som Herren din Gud har velsigna deg med. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og at Herren din Gud løyste deg ut. Difor gjev eg deg i dag dette påbodet. Men seier trælen at han ikkje vil skiljast frå deg, fordi han har det godt hjå deg og held av deg og folket ditt, skal du ta ein syl og stikka gjennom øyra hans, inn i døra, og så skal han tena deg all si tid. Det same skal du gjera med trælkvinna di. Ta det ikkje tungt om du må gje han fri og la han fara. Han har arbeidt for deg i seks år, og det han har gjort, er dobbelt så mykje verdt som det ein leigekar får. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer. Alle fyrstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du vigsla til Herren din Gud. Fyrstefødde oksar skal du ikkje bruka til arbeid, og fyrstefødde sauer må du ikkje klyppa. Kvart år skal du og huslyden din eta dei for Herrens åsyn, på den staden Herren vel seg ut. Men har dei lyte, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud. Heime i byane dine kan du eta dei. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort. Men blodet må du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn! Akta på månaden abib! Då skal du halda påske for Herren din Gud. For i abib månad, ved nattetider, førte Herren din Gud deg ut or Egypt. Til påskeoffer åt Herren din Gud skal du slakta sauer og oksar på den staden Herren vel ut til bustad åt namnet sitt. Attåt offerkjøtet må du ikkje eta syrt brød. I sju dagar skal du eta usyrt brød, trengselsbrød; for du laut skunda deg ut or Egypt. Såleis skal du, så lenge du lever, minnast den dagen du tok ut frå Egypt. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innan grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den fyrste dagen, må ingen ting liggja natta over, til morgons. Du må ikkje slakta påskeofferet heime, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, men berre på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt. Der skal du slakta påskeofferet, om kvelden, når sola glader, på same tid som då du tok ut frå Egypt. Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen kan du fara heim att til telta dine. Seks dagar skal du eta usyrt brød. Men den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud. Då må du ikkje gjera noko arbeid. Så skal du telja sju veker fram. Frå den dagen du lèt sigden gå i kornet, skal du rekna dei sju vekene. Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg. Og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttaren, den farlause og enkja som er hjå deg. Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og legg vinn på å leva etter desse føresegnene. Når du har samla inn frå treskjevoll og vinpresse, skal du halda lauvhyttehelga i sju dagar. Du skal gleda deg på denne høgtida, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levitten og innflyttaren, den farlause og enkja som bur i byane dine. I sju dagar skal du halda høgtid for Herren din Gud på den staden Herren vel seg ut. For Herren din Gud vil velsigna deg og alt det du avlar, og alt det du tek deg føre. Difor skal du storleg gleda deg. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens åsyn. Kvar skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigning Herren din Gud har gjeve deg. I alle dei byane Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn domarar og tilsynsmenn for ættene dine, og dei skal døma folket med lov og rett. Du skal ikkje rengja retten og ikkje gjera skil på folk og ikkje ta muter. For mutene gjer vise menn blinde og skader saka for dei som har rett. Rettferd, ja rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg. Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje planta noko tre attmed altaret som du byggjer åt Herren din Gud. Og du skal ikkje reisa noka steinstøtte, for det hatar Herren din Gud. Du skal ikkje ofra til Herren din Gud oksar eller sauer som har lyte eller mein. Det er ein styggedom for Herren din Gud. Finst det mellom dykk, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinne som gjer det Herren mislikar, og bryt pakta hans, ein som i strid med det eg har sagt, går bort og dyrkar andre gudar, bøyer seg og tilbed dei eller sola eller månen eller heile himmelhæren, og dette vert sagt deg, og du får høyra om det, då skal du granska saka vel. Syner det seg at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort i Israel, skal den som har gjort brotet, anten det er mann eller kvinne, førast ut til byporten og steinast i hel. Etter to eller tre manns vitnemål skal dødsdomen fullførast. Etter éin manns vitnemål skal ingen lata livet. Vitna skal vera dei fyrste som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket gjera det same. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan døma i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller lekamsskade eller andre ting som det er strid om i byane dine, skal du ta ut og fara opp til den staden Herren din Gud vel seg ut. Der skal du gå til levittprestane og til han som er domar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal fortelja deg kva dom som skal fellast. Og du skal retta deg etter det dei seier på den staden Herren vel seg ut. I eitt og alt skal du gjera som dei lærer deg. Den rettleiinga dei gjev deg, og den domen dei seier deg, skal du halda deg etter. Du må ikkje vika av frå det dei seier, korkje til høgre eller venstre. Den mannen som er så vørdlaus at han ikkje høyrer på presten som står og gjer teneste for Herren din Gud, eller på domaren, han skal lata livet. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel. Heile folket skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir vågar å gjera noko så vørdlaust. Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil ha ein konge over meg liksom alle folka rundt ikring meg», då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din. Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen. Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner, så han vert lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i mengd. Når han set seg i kongsstolen, skal han få ei avskrift av denne lova frå levittprestane; ho skal vera skriven i ein bokrull. Den skal han ha hjå seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å ottast Herren sin Gud. Og han skal akta på alle bod og føresegner i denne lova og leva etter dei, så han ikkje i hovmod set seg over landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider. Ingen av levittprestane, ingen som høyrer Levi-ætta til, skal ha arv og del saman med dei andre israelittane. Dei skal leva av Herrens eldoffer og av det som elles høyrer han til. Men nokon arv saman med brørne sine skal dei ikkje ha. Herren er deira arv, som han har lova dei. Dette skal prestane ha rett til hjå folket: Dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau, skal gje presten bogen, kjevane og vomma. Fyrstegrøda av kornet ditt og vinen din og oljen din og den fyrste ulla av sauene dine skal du òg gje han. For han og sønene hans har Herren din Gud valt ut mellom ættene dine, så dei skal stå og gjera teneste i Herrens namn i alle tider. Når ein levitt fer bort frå ein av dei byane i Israel som han har halde til i, kan han, om han har hug, koma til den staden Herren vel seg ut. Der kan han gjera teneste i namnet åt Herren sin Gud liksom dei andre levittane, brørne hans, som står for Herrens åsyn. Dei skal få like stor del å leva av, forutan det kvar får om han sel fedrearven sin. Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter all den styggedomen som folka der fer med. Hjå deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann. Ingen må driva med svartekunster, spørja gjengangarar og spådomsånder eller be om råd hjå dei døde. For Herren styggjest ved alle som gjer slikt, og det er fordi folka har fare med slik styggedom at Herren din Gud driv dei ut for deg. Heilhjarta skal du vera mot Herren din Gud. Desse folka som du skal driva ut, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg har Herren din Gud ikkje gjeve lov til slikt. Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på. Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.» Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier. Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han. Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap. Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy. Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa: Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han. Når Herren din Gud rydjar ut folkeslaga i det landet han gjev deg, og du driv dei ut og buset deg i byane og husa deira, då skal du skilja ut tre byar i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige. Du skal fastsetja kvar dei skal liggja. Og heile det landet Herren din Gud gjev deg til eigedom, skal du dela i tre, så kvar drapsmann har ein stad å røma til. I desse høve kan ein drapsmann røma dit og berga livet: Når nokon drep ein landsmann av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før, som når ein mann går saman med grannen sin ut i skogen og skal hogga tømmer, og han svingar øksa og vil fella eit tre, men øksa fer av skaftet og råkar grannen så han døyr, då kan mannen røma til ein av desse byane og berga livet. Elles kunne blodhemnaren i rykande sinne setja etter drapsmannen, og var vegen lang, kunne han nå han att og slå han i hel, endå mannen ikkje var skuldig til døden, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap. Difor er det eg byd deg at du skal skilja ut tre byar. Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han lova å gje dei, så sant du aktar på alle desse boda og gjer det eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre. For det må ikkje renna skuldlaust blod i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, så det kjem blodskuld over deg. Men dersom ein mann som ber hat til nesten sin, ligg på lur etter han, tek på han og gjev han eit slag så han døyr, og han rømer til ein av desse byane, skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og mannen må døy. Du skal ikkje spara han. Såleis skal du reinsa Israel for skuldlaust blod, så det kan gå deg vel. Du skal ikkje flytta merkesteinane mellom deg og grannen din, dei som fedrane har reist på den jorda du får i arv i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige. Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann for eit brot eller ei synd, kva synd det så måtte vera. Berre etter to eller tre manns vitnemål skal ei sak stå fast. Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall, skal begge partane i saka stiga fram for Herrens åsyn, for dei prestane og domarane som då gjer teneste. Og domarane skal granska saka vel. Syner det seg då at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann, skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med hin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Dei andre skal få høyra om det og reddast, så det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning mellom dykk. Du skal ikkje visa medkjensle. Her gjeld liv for liv, auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot. Når du dreg ut i krig mot fiendane dine og får auga på hestar og vogner, ein hær som er større enn din, så ver ikkje redd dei! For Herren din Gud er med deg, han som førte deg opp frå Egypt. Før de går til strid, skal presten stiga fram, tala til hæren og seia: «Høyr, Israel! I dag går de til strid mot fiendane dykkar. Miss ikkje motet, og ver ikkje redde! Røm ikkje, og lat dykk ikkje skræma av dei! For Herren dykkar Gud går med dykk. Han vil strida for dykk mot fiendane og gje dykk siger.» Så skal tilsynsmennene tala til hæren og seia: «Er det nokon som har bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal vigsla huset om han fell i krigen. Er det nokon som har planta ein vingard, men endå ikkje teke han i bruk, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal ta vingarden i bruk om han fell i krigen. Og er det nokon som har trulova seg med ei kvinne, men endå ikkje gift seg med henne, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal gifta seg med henne om han fell i krigen.» Dette òg skal tilsynsmennene seia til hæren: «Er det nokon som er redd og motlaus, kan han fara heim att, så ikkje våpenbrørne hans skal missa motet liksom han.» Når så tilsynsmennene er ferdige med det dei har å seia, skal dei setja hovdingar over hæren. Når du dreg fram mot ein by og vil strida mot han, skal du fyrst by han fred. Tek folket i byen imot fredstilbodet og opnar portane for deg, skal dei alle gjera tvangsarbeid for deg. Vil dei ikkje gjera fred, men føra krig med deg, skal du kringsetja byen. Og når Herren din Gud gjev han i dine hender, skal du hogga ned alle mennene der med sverd. Men kvinnene, borna og husdyra og alt anna hærfang i byen kan du ta med deg. Du kan gjera deg nytte av dette hærfanget som Herren din Gud lèt deg ta frå fiendane dine. Såleis skal du fara fram i alle byane som ligg langt borte frå deg og ikkje høyrer folka her til. Men i dei byane som høyrer desse folka til, og som Herren din Gud gjev deg til odel og eige, der skal du ikkje spara eit einaste liv. Du skal bannstøyta dei, både hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, så som Herren din Gud har sagt deg. Elles kunne dei læra dykk å ta etter alt det stygge dei sjølve har gjort for gudane sine, så de syndar mot Herren dykkar Gud. Når du strider mot ein by og må halda han kringsett i lang tid før du kan ta han, skal du ikkje bruka øks på trea der og øydeleggja dei. Du kan eta av dei, men du må ikkje hogga dei ned. Trea på marka er då ikkje menneske, så du skulle ta på dei òg. Men tre som du veit ikkje ber etande frukt, kan du øydeleggja. Dei kan du hogga ned og bruka til å byggja bolverk mot den byen du strider mot, til han fell. Når nokon finn ein mann som ligg drepen på marka i det landet Herren din Gud lèt deg få i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel, skal dei eldste og domarane dine gå ut og mæla kor langt det er frå den drepne til dei byane som ligg der ikring. Og dei eldste i den byen som ligg nærast den drepne, skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid og aldri har hatt åk på seg, og leia henne ned i ein dal der det alltid renn vatn, og der det korkje vert pløgt eller sått. Der i dalen skal dei bryta nakken på kviga. Så skal prestane, Levi-sønene, stiga fram. For dei har Herren din Gud valt ut til å tena han og velsigna i hans namn, og etter deira ord skal kvar sak som gjeld tvistemål eller lekamsskade, avgjerast. Alle dei eldste i den byen som er nærast den drepne, skal vaska hendene sine over kviga som dei har brote nakken på nede i dalen. Og så skal dei ta til ords og seia: «Våre hender har ikkje rent ut dette blodet, og vi har ikkje vore augnevitne til drapet. Herre, ta bort skulda frå Israel, folket ditt, som du har løyst ut. Lat ikkje Israel, folket ditt, lida for drapet på ein skuldlaus mann!» Då får dei soning for blodskulda. Såleis skal du reinsa bort det skuldlause blodet, når du gjer det som rett er i Herrens augo. Når du dreg i krig mot fiendane dine, og Herren din Gud gjev dei i dine hender, så du tek fangar, og du mellom fangane får sjå ei fager kvinne som du vert glad i og vil ha til kone, skal du leia henne inn i huset ditt. Ho skal klyppa håret og skjera neglene og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og syrgja over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne og gifta deg med henne, så ho vert kona di. Men syner det seg så at du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må ikkje selja henne for pengar og ikkje fara stygt med henne, sidan du har fått din vilje med henne. Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han ikkje bryr seg om, og at han får søner med begge to, men den eldste er son til den han ikkje held av. Når den tid kjem at han skal skifta det han eig, mellom sønene sine, må han ikkje gje son til den kona han elskar, dei rettar ein odelsgut har, til skade for den eldste som er son til den kona han ikkje bryr seg om. Han skal kjennast ved den eldste, som er son til den kona han ikkje held av, og gje han dobbel arvelut av alt det han eig. For han er den fyrste frukt av hans manndom, og odelsretten høyrer han til. Når ein mann har ein ustyrleg og trassig son, som ikkje vil høyra på far sin og mor si, og ikkje vil lyda dei endå dei tuktar han, då skal foreldra ta han med seg til byporten, til dei eldste der i byen, og seia til dei: «Denne sonen vår er ustyrleg og trassig og vil ikkje lyda oss. Øydslesam og drikkekjær er han òg.» Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Heile Israel skal høyra om det, og redsle skal ta dei alle. Når ein mann har gjort ei synd som det er dødsstraff for, og han vert avretta og hengd opp i eit tre, då skal du ikkje la den døde kroppen hans hanga i treet natta over, men gravleggja han same dagen. For den som vert opphengd, er forbanna av Gud, og det landet Herren din Gud vil gje deg til odel og eige, må du ikkje gjera ureint. Når du ser at oksen eller sauen åt landsmannen din har gått seg vill, må du ikkje la vera å hjelpa, men føra dyret attende til eigaren. Dersom han ikkje bur i grannelaget, eller du ikkje veit kven det er, skal du ta dyret heim til deg og ha det der til dess landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få det att. Det same skal du gjera når du finn eit esel, ei kappe eller kva det så måtte vera som har kome bort for landsmannen din; du må ikkje la vera å hjelpa. Når du ser at eselet eller oksen åt landsmannen din fell over ende på vegen, må du ikkje dra deg unna, men hjelpa han med å reisa opp dyret. Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje gå i kvinneklede. For Herren din Gud styggjest ved kvar den som gjer det. Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta både mora og ungane. Lat mora flyga, men ungane kan du ta. Så skal det gå deg vel, og du skal få leva lenge. Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket. Elles kunne einkvan detta ned, og då kom du til å føra blodskuld over huset ditt. Du skal ikkje så noko i vingarden din. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sått, og frukta frå vingarden. Du skal ikkje pløya med okse og esel saman. Du skal ikkje gå i klede som er vovne av to slag vyrke, ull og lin. Du skal setja duskar i dei fire snippane på kappa som du sveiper deg i. Når ein mann tek seg ei kone og kjem saman med henne, men sidan får uvilje mot henne og skuldar henne for skamlege ting, set ut vondt ord om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom saman med henne, skjøna eg at ho ikkje var møy», då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var møy, og ha det med til dei eldste ved byporten. Og faren skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne. Han kjem med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at dotter mi var møy. Men her er møydomsteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen. Då skal dei eldste ta mannen og straffa han. Dei skal døma han til ei bot på hundre sekel sølv og gje dei til far åt jenta, fordi mannen har sett ut vondt ord om ei møy i Israel. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever. Men er skuldinga sann, finst det ikkje teikn på at jenta var møy, så skal dei føra henne bort åt døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive utukt i huset åt far sin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Kjem de over ein mann som ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både kvinna og mannen som låg med henne. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel. Når ein mann råkar ei ungmøy i byen, ei som er trulova med ein annan mann, og han ligg med henne, skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte annan manns kvinne. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Men er det ute på marka ein mann råkar ei jente som er trulova, og tek henne med vald og ligg med henne, då skal berre mannen døy. Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har inga synd gjort som det er dødsstraff for. Dette er ei sak av same slaget som når ein mann ryk på nesten sin og slår han i hel. Mannen råka jenta ute på open mark. Ho ropa, men det var ingen til å hjelpa henne. Når ein mann råkar ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg med henne, og folk kjem over dei, skal mannen som var saman med jenta, gje far hennar femti sekel sølv fordi han krenkte henne. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever. Ingen må gifta seg med kona åt far sin og såleis vanæra lega åt far sin. Den som har fått steinane knuste eller mannslemen oppskoren, får ikkje vera med i Herrens lyd. Den som er fødd i blanda ekteskap, får ikkje vera med i Herrens lyd. Jamvel etterkomarane hans til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd. Ingen ammonitt eller moabitt får vera med i Herrens lyd. Jamvel etterkomarane deira til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd. For dei møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egypt, men dei leigde Bileam, son til Beor, frå Petor i Mesopotamia til å forbanna deg. Men Herren din Gud ville ikkje høyra på Bileam. Han vende forbanninga om til velsigning for deg, fordi han hadde deg kjær. Aldri skal du, så lenge du lever, bry deg om deira velferd og lukke. Men edomittane skal du ikkje ha uvilje mot, for dei er brørne dine. Og heller ikkje skal du avsky egyptarane, for du har vore innflyttar i landet deira. Etterkomarane deira i tredje leden kan få vera med i Herrens lyd. Når du dreg i krig mot fiendane dine og slår leir, skal du akta deg for alt som er usømeleg. Er ein av dykk urein etter sæduttøming om natta, skal han gå ut or leiren og ikkje koma inn att før det lid til kvelds. Då skal han vaska seg, og når sola glader, kan han koma inn i leiren. Utanfor leiren skal det vera ein stad som du kan gå til. Mellom reiskapane dine skal du ha ein kjepp, og med den skal du grava ned avføringa når du har sete der ute. For Herren din Gud går ikring i leiren; han vil berga deg og gje fiendane i dine hender. Difor skal leiren vera heilag, og Herren må ikkje sjå noko ufyse hjå deg; for då vender han seg bort frå deg. Når ein træl har rømt frå herren sin og søkt livd hjå deg, skal du ikkje senda han attende til herren hans. Lat han få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byane dine, der han likar seg best. Og ver ikkje hard mot han! Mellom israelittane må det ikkje finnast kvinne eller mann som driv tempel-utukt. Kom ikkje til huset åt Herren din Gud med pengar som ei kvinne eller ein mann får for å driva utukt, om du så har lova det. Alle slike pengar er ein styggedom for Herren din Gud. Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann; korkje for pengar eller mat eller noko anna skal du ta rente. Av utlendingar kan du krevja rente, men ikkje av ein landsmann. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg føre i det landet du går inn i og legg under deg. Når du gjer ein lovnad til Herren din Gud, må du ikkje drya med å halda det du har lova. Elles kjem Herren din Gud til å krevja det av deg, og du fører skuld over deg. Lèt du vera å lova noko, vert du ikkje skuldig. Men det du eingong har sagt, må du leggja vinn på å gjera. For av fri vilje og med eigen munn har du gjeve Herren din Gud lovnaden. Når du kjem inn i annan manns vingard, kan du eta så mykje druer du vil, til du er mett. Men du må ikkje sanka i spann. Når du kjem inn på annan manns åker, kan du ta aks med handa. Men med sigd må du ikkje koma i annan manns åker. Når ein mann har gift seg med ei kvinne, og han ikkje likar henne lenger, fordi han har funne noko hjå henne som byd han imot, kan han skriva eit skilsmålsbrev og gje henne, og så senda henne bort frå huset sitt. Set no at ho etter å ha flytt frå han, går stad og gifter seg med ein annan. Dersom han òg får uvilje mot henne, skriv eit skilsmålsbrev og gjev henne, og så sender henne bort frå huset sitt, eller dersom han døyr, då kan ikkje han som fyrst skilde seg frå henne, ta henne til kone att etter at ho har vorte urein; for det er ein styggedom for Herren. Du må ikkje føra synd over det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige. Ein nygift mann skal ikkje fara ut i krig, og det må ikkje leggjast andre plikter på han. Han skal vera friteken i eitt år, til gagn for huslyden sin og til glede for kona som han har fått. Ingen må ta ei handkvern eller ein kvernstein i pant, for då tek han pant i ein manns liv. Kjem du over ein mann som røvar ein av brørne sine, ein israelitt, og han fer stygt med han eller sel han til træl, då skal ransmannen døy. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Når nokon får ein hudsjukdom som gjer urein, må de syta vel for å gjera alt det som levittprestane lærer dykk. Legg vinn på å gjera så som eg har sagt dei! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egypt. Når du låner ein landsmann noko, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hjå han. Du skal stå utanfor, så mannen du gjev lånet, sjølv kan koma ut til deg med pantet. Er det ein mann som lid naud, skal du ikkje leggja deg til å sova i den kappa han har pantsett. Lat han få att pantet når sola glader, så han kan liggja i kappa si! Då vil han velsigna deg, og du står rettferdig for Herren din Gud. Du skal ikkje gjera urett mot ein leigekar som er fattig og lid naud, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar som bur i ein av byane i landet ditt. Du skal gje han løn same dagen, før sola glader, for han treng løna og stundar etter henne. Elles kunne han ropa til Herren og klaga på deg, og du vart skuldig i synd. Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd. Du skal ikkje rengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda åt ei enkje i pant. Kom i hug at du var træl i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå. Difor byd eg deg å gjera dette. Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå attende og henta det. Innflyttarar, farlause og enkjer skal ha det. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg føre. Når du slår ned frukta av oliventrea, skal du ikkje sjå over greinene ein gong til. Det som er att, skal innflyttarar, enkjer og farlause ha. Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. Dei skal innflyttarar, farlause og enkjer ha. Kom i hug at du var træl i Egypt. Difor byd eg deg å gjera dette. Når det kjem til rettssak mellom to menn, og dei møter for retten, skal domarane avgjera saka. Dei skal frikjenna den som har rett, og døma den som er skuldig. Dersom den skuldige skal straffast med slag, skal domaren la han leggja seg ned, og medan han ser på, skal dei gje mannen så mange slag som han fortener etter den uretten han har gjort. Førti slag kan dei gje han, ikkje meir. Gjev dei han fleire, vert landsmannen din halden for ærelaus. Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer. Når brør bur saman, og ein av dei døyr utan å ha fått søner, skal ikkje enkja hans gifta seg ut or ætta, med ein framand. Bror til mannen hennar skal gå inn til henne og ta henne til kone og såleis gjera sin skyldnad mot henne. Den fyrste sonen ho får, skal reknast for son til den avlidne broren, så namnet hans ikkje skal døy ut i Israel. Men har ikkje mannen hug til å gifta seg med enkja etter bror sin, skal ho gå til dei eldste utmed byporten og seia: «Verbror min nektar å halda oppe namnet åt bror sin i Israel. Han vil ikkje gjera sin skyldnad mot meg.» Då skal dei eldste i byen kalla mannen føre seg og tala til han. Held han fast på sitt og seier at han ikkje har hug til å gifta seg med henne, skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og seia: «Så gjer ein med den mannen som ikkje vil halda oppe ætta åt bror sin.» Sidan skal dei kalla ætta hans «Berrfot-ætta» i Israel. Kjem to menn i slagsmål, og kona til ein av dei spring bortåt og vil hjelpa mannen sin, og ho retter ut handa og grip den som slår han, i kjønnslemen, då skal du utan medkjensle hogga handa av henne. Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme store og somme små. Du skal heller ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite. Heile og rette vektlodd skal du ha og eit heilt og rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg. Herren din Gud styggjest ved alle som gjer urett på denne måten. Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt. Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter. Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det! Når du er komen inn i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, og du har teke det og busett deg der, skal du ta fyrstegrøda av alt det du avlar på jorda i det landet Herren din Gud gjev deg, leggja det i ei korg og fara til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt. Der skal du gå fram for den presten som gjer teneste på den tid, og seia: «Eg vitnar i dag for Herren din Gud at eg er komen inn i det landet som Herren med eid lova fedrane våre at han ville gje oss.» Og presten skal ta imot korga og setja henne ned framfor altaret åt Herren din Gud. Framfor Herren din Guds åsyn skal du ta til ords og seia: «Far min var ein omflakkande aramear. Han fór ned til Egypt og heldt til der med ein liten flokk. Der vart han til eit stort og sterkt og talrikt folk. Men egyptarane fór ille med oss og plaga oss og la tungt arbeid på oss. Då ropa vi til Herren, våre fedrars Gud, og Herren høyrde ropa våre og såg til oss i vår naud og møde og trengsle. Og Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar, med teikn og under. Han førte oss til denne staden og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning. No kjem eg med fyrstegrøda av det eg har avla på den jord du gav meg, Herre.» Så skal du leggja det ned framfor Herren din Gud, og du skal bøya deg og tilbe han. Og du skal gleda deg over alt det gode som Herren din Gud har gjeve deg og huset ditt, både du og levittane og innflyttarane som bur hjå deg. Når du tredje kvart år, i tiendeåret, gjev tiend av alt det du har avla, skal du gje det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, så dei kan eta seg mette i byane dine. Når du det har gjort, skal du stiga fram for Herren din Gud og seia: «No har eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levittane, innflyttarane, dei farlause og enkjene, heilt og fullt som du har sagt meg. Eg har ikkje brote eller gløymt noko av boda dine. Eg har ikkje ete av tienda medan eg hadde sorg; eg har ikkje bore bort noko av henne medan eg var urein, og ikkje gjeve noko til dei døde. Eg har vore lydig mot Herren min Gud og gjort alt det du har sagt meg. Sjå no ned frå din heilage bustad, frå himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du har gjeve oss, så som du med eid lova fedrane våre, eit land som fløymer med mjølk og honning.» Denne dagen byd Herren din Gud deg å halda desse føresegnene og boda. Så legg då vinn på å leva etter dei av heile ditt hjarta og heile din hug! I dag har du fått stadfest av Herren at han vil vera din Gud. Han har sagt at du skal gå på hans vegar, halda hans føresegner, bod og domar og lyda han. Samstundes har Herren late deg stadfesta at du vil vera hans eige folk, så som han har sagt deg, og at du vil halda alle hans bod. Han vil setja deg høgt over alle folk han har skapt, til pris og ære og prydnad, og du skal vera eit heilagt folk for Herren din Gud, som han har sagt. Moses og dei eldste i Israel tala til folket og sa: Akta på alle dei boda eg gjev dykk i dag. Den dagen de går over Jordan og kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, skal du reisa nokre store steinar og stryka kalk på dei. Når du kjem over, skal du skriva alle boda i denne lova på dei, så du kan få koma inn i det landet Herren din Gud gjev deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, lova deg. Når de kjem over Jordan, skal de reisa desse steinane, så som eg byd dykk i dag, på Ebal-fjellet, og stryka kalk på dei. Og der skal du byggja eit altar åt Herren din Gud, eit altar av stein som du ikkje har brukt bitjern på. Av steinar som ikkje er tilhogne, skal du byggja altaret åt Herren din Gud, og på det skal du bera fram brennoffer til Herren din Gud. Så skal du ofra måltidsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds åsyn. Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle boda i denne lova. Moses og levittprestane tala såleis til heile Israel: «Ver still og høyr etter, Israel! Denne dagen har du vorte eit folk som høyrer Herren din Gud til. Så ver då lydig mot Herren din Gud, og hald boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag!» Same dagen tala Moses til folket og sa: Når de har gått over Jordan, skal desse ættene stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin. Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali. Levittane skal ta til ords og seia med høg røyst til kvar mann i Israel: Forbanna vere den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, ein styggedom for Herren, eit verk av kunstnarhand, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen. Forbanna vere den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som flytter merkesteinar mellom seg og grannen! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som rengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som ligg med kona åt far sin! Han vanærar lega åt far sin. Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som har omgang med dyr! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som ligg med syster si, dotter til far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som ligg med mor til kona si! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som slår i hel ein landsmann i løynd! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som tek muter og slår i hel ein skuldlaus mann! Og heile folket skal seia: Amen. Forbanna vere den som ikkje held orda i denne lova og lever etter dei! Og heile folket skal seia: Amen. Er du lydig mot Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle boda hans, som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda. Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud: Velsigna vere du i byen og velsigna ute på marka! Velsigna vere di livsfrukt og grøda av di jord, det dine husdyr ber, det som vert født av storfe, og det som kjem til ¬mellom småfe! Velsigna vere di korg ¬og ditt bakstetrog! Velsigna vere du ¬når du kjem inn, og velsigna når du går ut! Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar. Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg. Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar. Alle folk på jorda skal sjå at Herrens namn er nemnt over deg, og dei skal få age for deg. Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg. Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei. Du må ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre, frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, så du ikkje held deg til andre gudar og dyrkar dei. Men vil du ikkje lyda Herren din Gud, legg du ikkje vinn på å leva etter alle boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag, skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg: Forbanna vere du i byen og forbanna ute på marka! Forbanna vere di korg ¬og ditt bakstetrog! Forbanna vere di livsfrukt og grøda av di jord, det som vert født av storfe, og det som kjem til ¬mellom småfe! Forbanna vere du ¬når du kjem inn, og forbanna når du går ut! Kva du så tek deg føre, skal Herren senda forbanning, rådløyse og trugsmål over deg, til du vert utrudd og brått går til grunne, fordi du bar deg så ille åt at du gjekk bort frå meg. Herren skal ikkje la pesten sleppa taket på deg før han har rudt deg ut or det landet du no går inn i og legg under deg. Med tæring og verk skal han slå deg, med kulsing og feber, med turk og kornbrann og rust. Dette skal forfylgja deg heilt til du går til grunne. Himmelen oppover deg skal vera som bronse og jorda under deg som jern. Regnet som kjem over landet ditt, skal Herren gjera til støv og mold. Det skal falla ned på deg frå himmelen, til du vert utrudd. Herren skal syta for at fiendane dine vinn over deg. Dreg du ut mot dei på éin veg, skal du røma for dei på sju vegar. Du skal verta eit skræmsel for alle rike på jorda. Lika av dykk skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei. Herren skal slå deg med svullar som i Egypt, med verk og skabb og skurv som ikkje kan lækjast. Han skal slå deg med vitløyse, blindskap og vilske. Midt på dagen lyt du trivla deg fram som den blinde trivlar i mørkret. Du skal ikkje ha lukke med deg der du ferdast, men dag etter dag skal du trælkast og plyndrast, og det finst ingen som hjelper deg. Om du trulovar deg med ei kvinne, skal ein annan mann ta og krenkja henne. Byggjer du deg hus, får du ikkje bu i det, og plantar du ein vingard, får du ikkje ta han i bruk. Oksen din skal slaktast medan du ser på, men du får ikkje eta av han. Eselet ditt skal røvast beint for augo dine og kjem aldri tilbake til deg. Småfeet ditt skal fiendane få, og ingen kjem deg til hjelp. Sønene og døtrene dine skal gjevast til eit framandt folk, medan du ser på. Heile dagen skal du stira etter dei med lengsle, men handa di er maktlaus. Eit folk du ikkje kjenner, skal eta opp det du har avla på jorda di, og det du har vunne med alt ditt strev. Dag etter dag skal du trælkast og trakkast ned. Du kjem til å missa vitet av det synet du får sjå. Herren skal slå deg på kne og på lår med vonde svullar som ikkje kan lækjast; dei skal breia seg frå hovud til hæl. Både deg og den kongen du set over deg, skal Herren føra bort til eit folk som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, gudar av stokk og stein. Der skal du verta eit skræmsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til. Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta inn; for grashoppene et det opp. Vingardar skal du planta og dyrka, men vin får du korkje drikka eller lagra; for makken et opp druene. Oliventre skal du ha i heile landet, men du får ikkje salva deg med olje; for frukta dett ned. Søner og døtrer skal du få, men du skal missa dei; for dei må fara i fangenskap. Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta. Innflyttaren som bur hjå deg, skal nå høgare og høgare, medan du sig djupare og djupare. Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal vera hovud og du hale. Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfylgja deg og nå deg att til du vert utrudd, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei bod og føresegner som han har gjeve deg. Dei skal vera teikn og under for deg og etterkomarane dine til alle tider. Du tente ikkje Herren din Gud med glede og av hjartans lyst då du hadde rikeleg av alt. Difor skal du, svolten, tyrst og kledelaus, ja snau for alt, træla under dei fiendane Herren sender imot deg. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rudt deg ut. Herren vil senda mot deg eit folk langt bortanfrå, frå verdsens ende. Dei kjem flygande som ørnar, og du skjønar ikkje språket deira. Det er eit folk med harde andlet; dei tek ikkje omsyn til dei gamle og er ikkje milde mot dei unge. Dei et opp det du får av buskapen, og det du dyrkar på jorda, til det er ute med deg. Dei leiver korkje korn, vin eller olje, korkje ungdyra i storfeet ditt eller det som kjem til mellom småfeet ditt, før dei har gjort ende på deg. Dei kringset deg i alle byane dine, til dess dei høge festningsmurane som du set di lit til, styrtar ned. Og når dei kringset deg i alle byane i heile det landet som Herren din Gud gjev deg, då skal du eta dine eigne born, kjøtet av sønene og døtrene dine, som Herren din Gud gjev deg; så stor ei trengsle og hard ei naud kjem fienden til å føra over deg. Jamvel den finaste og mest bortskjemde mannen hjå dykk vil då sjå skeivt til bror sin og kona si som han tek i famn, og til dei borna han enno har att. Han unner ingen av dei ein kjøtbit av borna som han et, fordi han ikkje har anna att i den trengsle og naud som fienden fører over deg i alle byane dine. Jamvel den finaste og mest bortskjemde kvinna, som aldri har prøvt å setja foten på jorda, så fin og bortskjemd som ho var, vil sjå skeivt til mannen sin som ho tek i famn, og til son sin og dotter si. Ho vil ikkje dela med dei etterferda som kjem ut or henne, eller borna ho har født. Og snøydd for alt et ho dei i løynd, i den trengsle og naud som fienden fører over deg i byane dine. Dersom du ikkje legg vinn på å leva etter alle dei lovbod som er skrivne i denne boka, og ikkje ottast dette herlege og agelege namnet, Herren din Gud, då skal Herren senda uhøyrde plager over deg og ætta di, store plager og stygge sjukdomar som ikkje tek ende. Atter skal han senda over deg alle dei farsottene som du kjenner frå Egypt, og som du gruar for, og dei skal ikkje sleppa taket i deg. Og alle andre sjukdomar og plager som ikkje er nemnde i denne lovboka, skal Herren senda over deg, til dess du vert utrudd. De som før var mange som stjernene på himmelen, skal verta til ein liten flokk, fordi du ikkje lydde Herren din Gud. Liksom Herren før gledde seg over å gjera vel mot dykk og la dykk auka i tal, så skal han gleda seg over å gjera ende på dykk og rydja dykk ut. De skal rykkjast opp or det landet du no går inn i og legg under deg. Herren skal spreia deg mellom alle folka frå den eine enden av jorda til den andre, og der skal du dyrka andre gudar, som korkje du eller fedrane dine har kjent, gudar av stokk og stein. Mellom desse folka skal du aldri få ro og aldri finna kvile for foten din. Der skal Herren gje deg eit skjelvande hjarta, eit sviktande syn og ei motlaus sjel. Livet ditt skal hanga i ein tynn tråd. Dag og natt skal du leva i redsle og aldri vera trygg for livet ditt. Om morgonen skal du seia: «Gjev det var kveld!» og om kvelden: «Gjev det var morgon!» Slik redsle skal du kjenna i hjarta ditt, og så fælt er det du får sjå. Herren skal senda deg attende til Egypt på skip, den vegen eg sa at du aldri meir skulle sjå. Der skal de freista å selja dykk sjølve til trælar og trælkvinner til fiendane, men det finst ingen som vil kjøpa. Dette er orda om den pakta som Herren baud Moses å gjera med israelittane i Moab, attåt den pakta han hadde gjort med dei ved Horeb. Moses kalla heile Israel saman og sa til dei: De har sett alt det Herren gjorde for augo på dykk i Egypt med farao og alle tenarane og heile landet hans. Med eigne augo såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera. Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk ein hug som skjønar, augo som ser, og øyro som høyrer. Han førte dykk i øydemarka i førti år. Kleda dykkar vart ikkje utslitne, og skorne gjekk de ikkje ut, så dei datt av føtene. De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk; for han ville de skulle skjøna at han er Herren dykkar Gud. Då de kom til denne staden, fór Sihon, kongen i Hesjbon, og Og, kongen i Basan, ut til strid mot oss, men vi vann over dei. Vi tok landet deira og lét Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta få det til odel og eige. Så akta då på orda i denne pakta og lev etter dei! Då skal de ha lukke med dykk i alt de gjer. I dag står de alle framfor Herren dykkar Gud, ættehovdingane, dei eldste, tilsynsmennene og kvar mann i Israel, borna og kvinnene dykkar og innflyttarane som held til i leiren din, dei som høgg ved og dei som ber vatn for deg. No skal du gå inn i pakta med Herren din Gud og i det eids-sambandet som han gjer med deg i dag. For i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, så som han sa deg og med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob. Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta og dette eids-sambandet, men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Gud, og med dei som enno ikkje er hjå oss. De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi fór fram gjennom landa åt dei folka de laut fara framom. De såg dei ufyselege gudebileta deira, avgudane deira av stokk og stein, av sølv og gull. Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinne, ættgrein eller ætt som i dag vender hugen bort frå Herren vår Gud, så dei går av og dyrkar gudane åt desse folka. Lat det ikkje finnast hjå dykk noka rot som det renn giftplanter og malurt av. Ingen må, når han høyrer boda i dette eids-sambandet, prisa seg lukkeleg og seia: «Meg går det nok godt om eg fylgjer mitt harde hjarta.» Då øyder han både det vassrike og det turre landet. Herren vil aldri tilgje ein slik mann, men Herrens vreide og brennhug skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nemnde i denne boka, skal koma over han, og Herren skal stryka ut namnet hans under himmelen. Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal gå han så ille som sagt er i alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka. Og når komande ætter, borna som veks opp etter dykk, og dei framande som kjem frå land langt borte, ser dei plager som har råma dette landet, og dei sjukdomar Herren har sendt over det, – med svovel og salt er heile landet avsvide, så ein ikkje kan så og få det til å gro, og ikkje eit strå kan veksa der, ei øydelegging som då Herren i sin vreide og harme gjorde ende på Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim – då skal både dei sjølve og dei andre folkeslaga spørja: «Kvifor har Herren fare såleis åt med dette landet? Kvifor logar vreiden hans så veldig?» Og dei skal få til svar: Det var fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut or Egypt. Dei gjekk av og dyrka andre gudar, bøygde seg og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei lov til å dyrka. Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, og han førte over det all den forbanning som er skriven i denne boka. I vreide, harme og stor uvilje rykte Herren dei opp or landet deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag. Det dulde høyrer Herren vår Gud til; men det som er openberra, gjeld for oss og våre born til evig tid, så vi kan halda alle boda i denne lova. Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til, og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine, då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom. Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der. Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine. Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva. Men alle desse forbanningane skal Herren din Gud venda mot fiendane dine og mot dei som hatar og forfylgjer deg. Då skal du atter vera lydig mot Herren og halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag. Og i alt du tek deg til, skal Herren din Gud gje deg rikeleg av det som godt er, av born og buskap og grøde på jorda. For endå ein gong skal Herren gleda seg over deg og gjera vel imot deg, liksom han gledde seg over fedrane dine, så sant du lyder Herren din Gud og held boda og føresegnene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug. Desse boda som eg gjev deg i dag, er ikkje for vanskelege eller for langt borte for deg. Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan høyra dei og leva etter dei?» Dei er heller ikkje på hi sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?» Nei, ordet er deg nærare enn som så; det er i munnen din og i hjarta ditt, så du kan leva etter det. Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde. Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud, går på hans vegar og held deg etter hans bod, føresegner og domar, då skal du leva og aukast. Og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg. Men vender du hugen din bort og ikkje lyder, og lèt du deg riva med, så du bøyer deg og tilbed andre gudar og dyrkar dei, då seier eg dykk i dag at de skal gå til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som de kjem inn i og legg under dykk når de no går over Jordan. Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva, både du og ætta di. Elska Herren din Gud, høyr på han og hald deg til han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob. Moses gjekk fram og tala desse orda til heile Israel. Så sa han til dei: No er eg hundre og tjue år gamal. Eg kan ikkje lenger gå ut og inn som før. Og Herren har sagt meg at eg ikkje skal koma over Jordan. Herren din Gud vil sjølv gå føre deg. Han vil rydja ut desse folkeslaga for deg, så du kan leggja under deg landet deira. Sidan skal Josva gå føre deg, som Herren har sagt. Og Herren skal gjera med dei som han gjorde med amorittkongane Sihon og Og og landet deira, då han rudde dei ut. Han skal gje dei i dykkar hand, og de skal i eitt og alt gjera med dei som eg har sagt. Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av dei! For Herren din Gud er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg. Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei. Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Så skreiv Moses opp denne lova og gav henne til prestane, Levi-sønene, som bar Herrens paktkiste, og til alle dei eldste i Israel. Og han sa til dei: Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg, og heile Israel kjem og stig fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut, då skal denne lova lesast opp for heile Israel. Kall folket saman, menn, kvinner og born, og innflyttarane som bur i byane dine. Lat dei få høyra lova, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud og leggja vinn på å leva etter alle boda i denne lova. Og borna deira, som enno ikkje kjenner lova, skal høyra henne, så dei kan læra å ottast Herren dykkar Gud så lenge de lever i det landet de skal leggja under dykk når de går over Jordan. Herren sa til Moses: Sjå, no lid det til den tid at du skal døy. Kall Josva hit og kom fram til møteteltet, både du og han, så skal eg seia frå kva han skal gjera. Så gjekk Moses og Josva fram til møteteltet og vart ståande der. Då synte Herren seg i teltet i ei skystøtte, og skystøtta stod attmed teltdøra. Herren sa til Moses: Når du kviler hjå fedrane dine, kjem dette folket til å vera trulaust og halda seg til framande gudar i det landet dei er komne inn i. Dei kjem til å venda seg frå meg og bryta den pakta eg har gjort med dei. På den tid skal vreiden min loga opp mot dei. Eg skal venda meg frå dei og løyna andletet mitt for dei, så dei vert tynte. Mange ulukker og trengsler skal koma over dei. Då skal dei seia: «Når desse ulukkene kjem over meg, er det vel fordi min Gud ikkje er med meg.» Men på den tid vil eg løyna andletet mitt for dei, av di dei har gjort så mykje vondt; dei har vendt seg til andre gudar. Skriv no opp dette kvadet, og lat israelittane læra det! Lat dei ta det opp att, så det kan vera mitt vitne mot dei. No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og er vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å vanvørda meg og bryta mi pakt. Når då mange ulukker og trengsler møter dei, skal dette kvadet lyda for dei, og etterkomarane deira skal seia det fram og aldri gløyma det; det skal vera eit vitne for dei om at eg kjenner dei tankar dei gjer seg i dag, alt før eg lèt dei gå inn i det landet som eg med eid har lova fedrane deira. Same dagen skreiv Moses opp dette kvadet og lét israelittane læra det. Og Herren sa til Josva Nunsson: «Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.» Då Moses var ferdig med å skriva opp i ei bok alle orda i denne lova, frå fyrst til sist, sa han til levittane, som bar Herrens paktkiste: Ta denne lovboka og legg henne ned attmed paktkista åt Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja og vera eit vitne mot deg. For eg veit kor trassig og strid du er. Har de ikkje alt no medan eg lever og er mellom dykk, vist trass mot Herren? Kor mykje meir når eg er borte! Kall no saman alle dei eldste i ættene og tilsynsmennene, så vil eg seia fram desse orda for dei og ta himmel og jord til vitne mot dei. For eg veit at når eg er borte, kjem de til å bera dykk ille åt og bøya av frå den vegen eg har sagt de skal gå. Men til slutt skal ulukka koma over dykk, fordi de gjer det som vondt er i Herrens augo, og harmar han med framferda dykkar. Så bar Moses fram heile dette kvadet for Israels-lyden: Lyd etter, himmel, ¬eg vil tala, høyr orda frå min munn, ¬du jord! Lat læra mi risla som regn, talen min drypa som dogg, som regnskurer på grøne graset, som regndropar ¬over det som gror. Herrens namn vil eg forkynna, og de skal gje vår Gud ære. Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han. Dei som ikkje er hans born, sveik honom med si vonde ferd, ei svikefull og rangsnudd ætt. Er det så de løner Herren, du fåvise og uvituge folk? Er ikkje han din far og skapar, han som skapte deg ¬og rusta deg ut? Kom framfarne dagar i hug, gjev akt på åra frå ætt til ætt! Spør far din, han fortel deg, dei gamle, dei gjev deg svar. Då Den Høgste ¬gav folkeslaga land og skilde menneska ¬frå kvarandre, sette han grenser mellom folka etter talet på Israels søner. Herrens del vart hans eige folk, Jakob vart hans arvelut. Herren fann han i øydemarka, i tome audna med ulande lydar. Han verna han og sytte for han og vakta han ¬som sin augnestein. Som ei ørn sviv ¬over ungane sine når ho lèt dei flyga frå reiret, så breidde han ut ¬sine vengefjører, tok og bar han på sine venger. Einast Herren førte han, ingen framand gud ¬var med han. Han lét han fara ¬over høgdene i landet og eta av grøda på marka. Han lét han suga honning ¬or berget og olje or harde fjellet. Han gav han rjome ¬frå buskapen, mjølk av småfe og feitt av lam, av Basan-verar og bukkar, og den feitaste mergen ¬av kveiten. Drueblod drakk du, ¬skummande vin. Jesjurun vart feit ¬og spente bakut; du vart feit og tjukk og stinn. Han vraka Gud ¬som hadde skapt han, og viste vanvørdnad ¬for sitt frelsande berg. Dei eggja han ¬med framande gudar og harma han med styggedom. Dei ofra til ånder ¬som ikkje er gudar, til guddomar dei ikkje kjende, nye og nyst oppkomne, gudar som fedrane ¬ikkje visste om. Berget, ditt opphav, ¬ansa du ikkje, du gløymde Gud ¬som fødde deg. Då Herren såg det, ¬støytte han dei bort, for hans søner og døtrer ¬hadde krenkt han. Han sa: ¬Eg vil løyna mitt åsyn for dei og sjå korleis det går dei til sist; for dei er ei rangsnudd ætt, born som ein aldri kan lita på. Dei eggja meg ¬med sine avgudar, med gagnlause gudar ¬harma dei meg. Så vil eg eggja dei med eit ufolk, krenkja dei med eit uvitug folk. For i min vreide ¬har eg kveikt ein eld, han brenn til djupaste dødsriket. Han øyder jorda ¬og hennar grøde og set grunnvollen ¬under fjella i brann. Eg hopar opp ulukker over dei og brukar alle mine piler ¬mot dei. Kraftlause vert dei av svolt, dei tærest av pest og farleg sott. Så sender eg mot dei ¬villdyrtenner og eiter av ormar ¬som kryp på jorda. Sverdet skal herja på gata, redsle inne i kammera. Gutar og jenter vert rivne bort, spedbarn og gråhåra mann. Eg tenkte eg skulle knusa dei, rydja ut deira minne ¬mellom folk. Men eg ottast at fiendane ¬skulle krenkja meg, at deira motstandarar ¬ville mistyda det og seia: «Det er vår hand som er sterk; det var ikkje Herren ¬som gjorde dette.» Dei er eit folk ¬utan råd som duger, og dei har inkje skjøn. Var dei vise, fekk dei tak i dette, då visste dei kvar det bar av. Korleis kan ein mann ¬forfylgja tusen og to slå ti tusen på flòg, om ikkje deira berg har selt dei, om ikkje Herren ¬har gjeve dei opp? For deira berg er ikkje som vårt, det kan våre fiendar døma om. Deira vintre er runne ¬av Sodomas vintre, det kjem ¬frå Gomorras vingardar. Druene deira er giftige bær og drueklasane beiske. Vinen deira er ormegift, grufullt ormeeiter. Alt dette er gøymt hjå meg, forsegla i mitt forrådskammer til dagen som kjem ¬med hemn og attergjeld, den tid då foten deira vert ustø. Ja, deira ulukkedag er nær; snart kjem det som ventar dei. Men Herren vil syta for at hans folk får sin rett, og ha medkjensle ¬med sine tenarar; for han ser ¬at deira makt er borte, det er ute både med træl og fri. Så spør han: Kvar er no deira gudar, berget dei leit på, som åt feittet av deira slaktoffer og drakk vinen ¬dei ofra som drikkoffer? Lat dei reisa seg og hjelpa dykk, lat dei gje dykk livd og vern! Sjå no, berre eg er Gud, det finst ingen annan gud ¬enn eg. Eg tek liv, og eg gjev liv, eg sårar, og eg lækjer; og ingen kan berga or mi hand. Eg lyfter mi hand ¬mot himmelen og seier: Så sant eg lever evig, når eg kvesser ¬mitt lynande sverd og retter ut mi hand til doms, då tek eg hemn ¬over mine fiendar, gjev mine motstandarar ¬det dei fortener. Eg gjer mine piler ¬drukne av blod, blodet av falne og fangar, og lèt mitt sverd eta kjøt, hovud av fiendens hovdingar. Pris hans folk, de folkeslag, for han hemner ¬blodet åt sine tenarar. Han tek hemn over sine fiendar og gjer soning ¬for sitt land og folk. Moses kom og bar fram heile dette kvadet, han og Josva Nunsson, medan folket høyrde på. Og då Moses var ferdig med å bera fram alle desse orda for heile Israel, sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei. For dette er ikkje tome ord, men sjølve livet for dykk. Held de dei, skal de få leva lenge i det landet de tek i eige når de går over Jordan.» Same dagen tala Herren til Moses og sa: «Stig opp på Abarim-fjellet, på Nebo-tinden, som ligg i Moab, midt for Jeriko, så skal du få sjå Kanaan, det landet som eg gjev israelittane til eige. Og der oppå fjellet skal du døy og fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, døydde på Hor-fjellet og fór til folket sitt. Så skal det gå fordi de var trulause mot meg mellom israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-øydemarka og ikkje helga meg mellom dei. Du skal få sjå landet framføre deg, men du skal ikkje koma inn i det landet som eg gjev israelittane.» Dette er den velsigninga som Moses, gudsmannen, lyste over israelittane før han døydde: Herren kom frå Sinai, frå Se’ir stråla han fram for dei. I ljosglans kom han ¬frå Paran-fjellet med heilage i tallaus mengd, som strøymde fram ¬på hans høgre side. Ja, han elskar sitt folk. Alle hans heilage ¬er i hans hand. Dei set seg ned ved dine føter og tek imot av dine ord. Moses gav oss ei lov, ein eigedom for Jakobs lyd. Det stod fram ein konge ¬i Jesjurun då hovdingane i folket kom saman med ættene i Israel. Gjev Ruben må leva ¬og aldri døy ut, gjev hans menn må auka i tal! Dette sa han om Juda: Herre, høyr ropa frå Juda, og før han heim til sitt folk! Med sine hender ¬strider han for det. Ver du hans hjelp mot fiendane! Om Levi sa han: Dine tummim og urim skal vera hjå din trufaste mann, han som du sette på prøve ¬ved Massa og stridde mot ¬ved Meriba-kjelda. Han sa om far sin og mor si: «Eg har aldri sett dei.» Han kjendest ikkje ¬ved sine brør og ville ikkje vita av sine born. For dei tok vare på ditt ord og verna om di pakt. Dei skal læra Jakob dine bod og Israel di lov. Dei skal leggja røykjelse ¬fram for din nase og heiloffer på ditt altar. Herre, velsigna hans kraft, ha hugnad i alt hans verk! Knus hoftene ¬på hans motstandarar, lat aldri hans fiendar ¬reisa seg meir! Om Benjamin sa han: Herrens hjartebarn ¬bur trygt og godt. Herren vernar han heile dagen, han bur imellom hans fjellsider. Om Josef sa han: Gjev Herren må signa hans land ¬med dogg, den gode himmelgåva, og med vatn frå havdjupet ¬som ligg der nede, med den finaste avling ¬som mognast i sol, og det beste som gror ¬medan månen skifter, med det gjævaste ¬frå dei eldgamle fjell, det aller beste ¬frå dei evige høgder, med alt godt som fyller jorda, og med velvilje frå han som budde i klungeren. Lat dette koma ¬over Josefs hovud, over krona på han som er hovding ¬mellom sine brør. Staseleg er ¬hans fyrstefødde okse, han har horn som ein villokse; med dei stangar han folka heilt til verdsens endar. Dette er Efraims store hærar, dette er Manasses sterke hop. Om Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, ¬når du dreg ut, gled deg, Jissakar, i dine telt! Dei bed ættene koma til fjellet; der ber dei fram dei rette offer. Dei syg til seg rikdom frå havet og skattar gøymde i sanden. Om Gad sa han: Lova vere han ¬som lèt Gad få rom! Han legg seg på lur som ei løve og riv sund både arm og hovud. Han såg seg ut den beste delen; der fekk han lut ¬som ein høgvørd førar då hovdingane i folket møttest. Og saman med Israel ¬gjorde han det som er rett for Herren, det han har fastsett. Om Dan sa han: Dan er ein løveunge som spring fram frå Basan. Om Naftali sa han: Naftali er metta ¬med Herrens velvilje og fylt av hans velsigning. Han tek land i vest og sør. Om Asjer sa han: Mest velsigna av søner er Asjer. Han skal vera ¬den kjæraste mellom brørne og duppa foten i olje. Dine bommar skal vera ¬av jern og bronse; som dine dagar er, ¬skal din styrke vera. Det finst ingen som Gud, ¬Jesjurun. Han fer deg til hjelp ¬over himmelen og rid i sitt velde på skyene. Ein bustad ¬er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar. Han driv bort for deg fienden og seier: «Ryd ut!» Så bur Israel trygt, Jakobs kjelde har fred i eit land med korn og vin, der dogga dryp frå himmelen. Å, Israel, kor du er sæl! Kven er som du? – eit folk som får hjelp ¬frå Herren, ditt vernande skjold ¬og ditt veldige sverd. Dine fiendar skal krypa for deg, medan du skrid fram ¬over høgdene deira. Så gjekk Moses frå Moab-slettene opp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisga-fjellet og ligg midt for Jeriko. Og Herren synte han heile landet: Gilead alt til Dan, heile Naftali, Efraim- og Manasse-landet og heile Juda radt til havet i vest, Negev og Jordan-sletta, dalen ved Jeriko, Palmebyen, alt ned til Soar. Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje ætta deira. No har eg late deg sjå det for augo dine, men du får ikkje koma inn i det.» Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab, som Herren hadde sagt. Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Og til denne dag har ingen visst kvar grava hans er. Moses var hundre og tjue år gamal då han døydde. Men endå hadde han ikkje dimst på synet, og livskrafta var ikkje kvorven. Israelittane syrgde over Moses på Moab-slettene i tretti dagar; då var syrgjetida ute. Men Josva Nunsson var fylt med visdomsånd, fordi Moses hadde lagt hendene på han. Og israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses føre. Aldri meir steig det fram i Israel ein profet som Moses, som Herren gav seg til kjenne for, åsyn til åsyn. Kom i hug alle dei teikn og under Herren sende han til å gjera i Egypt, med farao og alle tenarane hans og heile landet hans. Og kom i hug den sterke handa og alle dei store, agelege gjerningane som Moses gjorde for augo på heile Israel. Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva Nunsson: Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no ferdig til å fara over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje israelittane. Kvar stad de set foten på, gjev eg dykk, så som eg lova Moses. Landet frå øydemarka og Libanon til Storelva, Eufrat, heile hetittlandet til Storhavet i vest, skal høyra dykk til. Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg. Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei. Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd. Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel. Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre. Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet: «Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.» Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva: «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet. Konene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk austanfor Jordan. Men alle våpenføre menn mellom dykk lyt fara fullt budde føre landsmennene sine og hjelpa dei i striden. Fyrst når Herren har late dei koma til ro liksom de, og dei har lagt under seg det landet Herren dykkar Gud vil gje dei, skal de fara heim att og ta dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, har gjeve dykk her på austsida av Jordan.» Då svara dei Josva: «Alt det du har sagt oss, skal vi gjera, og kvar du sender oss, skal vi gå. Liksom vi lydde Moses i alle ting, såleis vil vi lyda deg òg. Gjev Herren din Gud må vera med deg, liksom han var med Moses. Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje lyder deg, kva du så byd han, han skal døy. Ver berre djerv og sterk!» Josva Nunsson sende i løynd to speidarar ut frå Sjittim. Han sa til dei: «Ta av stad og sjå dykk om i landet, serleg i Jeriko!» Så fór dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkje som heitte Rahab, og der fekk dei hus. Kongen i Jeriko fekk melding om at det var komne nokre israelittar der om natta og ville speida ut landet. Då sende han bod til Rahab og sa: «Kom fram med dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! Dei vil speida ut heile landet; det er dei komne for.» Men kvinna hadde teke og gøymt dei to mennene, og no sa ho: «Ja, det kom nokre menn til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå. I skumringa, då byporten skulle stengjast, tok dei ut att, og eg veit ikkje kvar dei fór av. Skunda dykk og set etter dei, så når de dei nok att.» Sanninga var at ho hadde fylgt dei opp på taket og gøymt dei under noko linhalm som ho hadde breitt utover der. Så tok kongsmennene ut og sette etter dei på vegen til Jordan, ned til vadestadene. Og med det same dei var farne, vart porten stengd. Før speidarane hadde lagt seg til å sova, kom Rahab opp på taket og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet. No har det kome over oss ei redsle for dykkar skuld, og alle som bur her i landet, er så redde dykk at dei skjelv. For vi har høyrt korleis Herren turka ut vatnet i Sevsjøen framføre dykk då de fór frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittkongane på hi sida av Jordan, Sihon og Og, som de bannstøytte. Då vi høyrde det, vart vi reint motlause, og no er det ingen som vågar å møta dykk. For Herren dykkar Gud, han er Gud både oppi himmelen og nedpå jorda. Så sver då ved Herren at de vil gjera vel mot folket mitt, liksom eg har gjort vel mot dykk. Gjev meg eit klårt teikn på at de vil spara foreldra og syskena mine og alt husfolket deira og berga livet vårt.» Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for livet dykkar, så sant du ikkje lèt nokon få vita kva ærend vi er ute i. Og når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.» Så firte ho dei ned frå vindauga med eit reip. For ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren. Og ho sa til dei: «Gå opp i fjellet, så de ikkje møter dei som forfylgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei kjem att. Sidan kan de fara kvar de vil.» Då sa mennene til henne: «Gjer du ikkje som vi no seier, held vi oss for løyste frå den eiden du lét oss sverja. Når vi kjem inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauga som du firte oss ned frå, og så skal du samla foreldra og brørne dine og alt folket ditt her i huset hjå deg. Går då nokon ut gjennom husdøra di, er det hans eiga skuld om han vert drepen; vi er skuldlause. Men vert det lagt hand på nokon av dei som er inne hjå deg, skal vi svara for livet hans. Og talar du til nokon om ærendet vårt, er vi løyste frå den eiden du tok av oss.» Ho svara: «Det skal vera som de seier.» Så bad ho farvel med dei, og dei fór av stad. Og ho batt den raude snora i vindauga. Mennene gjekk til dei kom opp i fjellet. Der heldt dei seg i tre dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne. Dei hadde leita heile vegen, men ingen funne. Så tok dei to mennene på heimvegen. Dei gjekk ned frå fjellet, sette over elva og kom til Josva Nunsson. Dei fortalde alt det som hadde hendt dei, og sa til Josva: «Herren har gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur der, er så redde oss at dei skjelv.» Morgonen etter stod Josva tidleg opp. Han tok ut frå Sjittim med alle israelittane, og dei kom til Jordan. Der var dei om natta før dei sette over elva. Då tre dagar var lidne, gjekk tilsynsmennene gjennom leiren og sa til folket: «Når de ser paktkista åt Herren dykkar Gud, og levittprestane som ber kista, skal de fara av stad og fylgja etter henne. Så kan de vita kva veg de skal ta. For den vegen har de ikkje fare før. Men mellom dykk og paktkista må det vera eit godt stykke, to tusen alner på lag. Kom henne ikkje for nær!» Så sa Josva til folket: «Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.» Og til prestane sa han: «Ta paktkista og far fram føre folket!» Då tok dei paktkista og gjekk føre folket. Herren sa til Josva: «Frå i dag vil eg gjera deg stor framfor augo på heile Israel. Dei skal skjøna at eg er med deg, liksom eg var med Moses. Sei no til prestane som ber paktkista, at dei skal verta ståande på elvebakken når dei kjem ned til Jordan.» Då sa Josva til israelittane: «Kom hit og høyr orda frå Herren dykkar Gud! Dette, sa han, skal de ha til teikn på at den levande Gud er midt imellom dykk, og at han skal driva bort for dykk både kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane: Paktkista åt han som er herre over heile jorda, skal fara føre dykk ut i Jordan. Vel no ut tolv menn av Israels-ættene, ein frå kvar ætt. Når så prestane som ber paktkista åt han som er herre over heile jorda, set føtene i Jordan-vatnet, skal vatnet i elva renna bort, og det som kjem ovanfrå, skal stå som ein voll.» Så tok folket ut frå telta sine og skulle gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre dei. Då desse prestane var komne ned til Jordan og så vidt hadde sett føtene i vatnet – i heile skurdtida er Jordan så stor at ho går over breddene alle stader – då stansa det vatnet som kom ovanfrå, og stod som ein voll langt borte, oppmed Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan. Og det som rann nedover til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, vart heilt borte. Så gjekk folket over elva midt for Jeriko. Men prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelittane gjekk turrskodde over elva. Såleis stod dei til heile folket var kome vel over Jordan. Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva: «Vel dykk ut tolv menn av folket, ein frå kvar ætt, og sei til dei at dei skal ta opp tolv steinar or Jordan, på den staden der prestane står. Desse steinane skal dei bera med seg over og leggja dei ned der de slår leir for natta.» Då kalla Josva til seg dei tolv mennene som han hadde valt ut mellom israelittane, ein frå kvar ætt, og sa til dei: «Far føre paktkista åt Herren dykkar Gud til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de ta kvar sin stein på aksla, etter talet på Israels-ættene. Det skal vera eit minnesmerke hjå dykk. Når borna dykkar sidan spør: Kva tyder desse steinane? skal de svara: Vatnet i Jordan kløyvde seg framfor Herrens paktkiste. Då ho kom ut i elva, kløyvde det seg. Og desse steinane skal vera eit evig minne om det for israelittane.» Israelittane gjorde som Josva sa. Midt uti Jordan tok dei tolv steinar, etter talet på Israels-ættene, så som Herren hadde sagt til Josva, bar dei med seg til den staden dei skulle vera om natta, og la dei ned der. Og midt i Jordan, der dei prestane som bar paktkista, stod, reiste Josva tolv andre steinar. Dei har stått der til denne dag. Prestane som bar paktkista, vart ståande midt i Jordan til det var gjort, alt det som Herren hadde sagt til Josva at han skulle tala til folket om, i samsvar med alle dei føresegner som Moses hadde gjeve Josva. Så skunda folket seg over. Og då alle var komne vel fram, gjekk prestane føre folket med Herrens paktkiste. Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta fór fullt budde føre dei andre israelittane, som Moses hadde sagt dei. Om lag førti tusen velvæpna menn drog fram for Herrens åsyn til strid på Jeriko-moane. Den dagen laga Herren det så at israelittane fekk stor vørdnad for Josva. Så lenge han levde, hadde dei like stor age for han som dei hadde hatt for Moses. Herren sa til Josva: «Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.» Og Josva sa til prestane: «Stig opp or Jordan!» Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp or elva og sette foten på turt land, vende vatnet attende til det gamle lægjet sitt og gjekk over breddene alle stader, som det før hadde gjort. Det var den tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig opp or Jordan. Dei slo leir attmed Gilgal, lengst aust i Jeriko-bygda. Og der i Gilgal reiste Josva dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan. Og han sa til israelittane: «Når borna dykkar sidan spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane? då skal de fortelja dei det og seia: Israelittane gjekk turrskodde over Jordan her, fordi Herren dykkar Gud turka ut elva for dei medan dei gjekk over, liksom han turka ut Sevsjøen for oss då vi fór over den. Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal ottast Herren dykkar Gud.» Alle amorittkongane vestanfor Jordan og alle kanaanearkongane utmed havet miste reint motet då dei høyrde at Herren hadde turka ut Jordan for israelittane medan dei gjekk over, og dei torde ikkje møta israelittane. På den tid sa Herren til Josva: «Lag deg nokre steinknivar og omskjer israelittane att!» Då laga Josva seg steinknivar og omskar israelittane attmed Ha’aralot-haugen. Men at han laut omskjera dei, det hadde seg så: Alt folket som fór frå Egypt, alle menn som då var våpenføre, hadde døytt i øydemarka på vegen frå Egypt. No var alle dei som fór frå Egypt, omskorne, men av dei som vart fødde på ferda i øydemarka, var ingen omskoren. I førti år hadde israelittane ferdast i øydemarka, til dess alle våpenføre menn som fór frå Egypt, hadde døytt. Dei ville ikkje lyda Herrens ord. Difor svor Herren at dei ikkje skulle få sjå det landet han hadde lova fedrane deira å gje oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men sønene deira, som han hadde late veksa opp i deira stad, dei var det Josva omskar. For dei gjekk med førehud, av di dei ikkje hadde vorte omskorne på ferda. Då så heile folket var omskore, heldt dei seg i ro i leiren til såra hadde grott. Og Herren sa til Josva: «I dag har eg velt av dykk vanæra frå Egypt.» Difor vart den staden kalla Gilgal, og det har han heitt til denne dag. Medan israelittane låg i leir attmed Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-moane, om kvelden den fjortande dagen i månaden. Og dagen etter åt dei av landsens grøde; usyrt brød og steikt korn åt dei den dagen. Frå den tid vart det slutt på mannaen. No kunne israelittane eta av landsens grøde, og dei fekk ikkje meir manna. Alt same året tok dei til å eta av det som var avla i Kanaan. Ein gong medan Josva var bortmed Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auga på ein mann som stod beint framføre han med eit drege sverd i handa. Då gjekk Josva bort til han og spurde: «Er du av våre folk, eller høyrer du fienden til?» Mannen svara: «Nei, eg er hovdingen over Herrens hær. No er eg komen.» Då fall Josva på kne, bøygde seg til jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?» Hovdingen over Herrens hær svara: «Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag.» Og Josva gjorde så. I Jeriko låste dei portane og stengde seg inne for israelittane skuld. Ingen gjekk ut, og ingen kom inn. Då sa Herren til Josva: «Sjå, no gjev eg Jeriko med kongen og dei djerve krigarane hans i di hand. Lat alle stridsmennene gå kring byen ein gong om dagen; så skal de gjera i seks dagar. Og sju prestar skal gå framføre paktkista, kvar med sitt stridshorn. Men den sjuande dagen skal de gå sju gonger kring byen, og prestane skal blåsa i horna. Så skal dei blåsa ein lang tone, og når de høyrer denne hornlåten, skal heile folket setja i eit sterkt krigsrop. Då skal muren ramla ned, så folket kan gå rett inn i byen.» Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: «Ta paktkista og lat sju prestar gå framføre Herrens kiste med kvar sitt stridshorn!» Og til folket sa han: «Ta i veg og gå kring byen! Dei væpna mennene skal gå framføre Herrens kiste.» Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei av stad, dei sju prestane som bar kvar sitt horn for Herrens åsyn. Dei bles i horna, og Herrens paktkiste fylgde etter. Dei væpna mennene gjekk føre prestane som bles i horn, og dei som var attarst i flokken, fylgde etter kista, og horna ljoma alt i eitt. Men Josva sa til folket: «De må ikkje ropa og ikkje gje lyd frå dykk. Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar før eg seier: Ropa no! Då skal de ropa.» Så lét han dei bera Herrens paktkiste kring byen éin gong. Sidan drog dei inn i leiren og var der om natta. Morgonen etter stod Josva tidleg opp, og prestane tok Herrens kiste mellom seg. Dei sju prestane som bar kvar sitt horn, gjekk framføre kista og bles i horna alt i eitt. Dei væpna mennene gjekk føre dei, og dei som var attarst, fylgde etter Herrens kiste. Og heile tida ljoma horna. Dagen etter gjekk dei òg éin gong kring byen og vende så attende til leiren. Så gjorde dei i seks dagar. Den sjuande dagen stod dei opp med det same det tok til å dagast, og gjekk sju gonger kring byen. Dei bar seg like eins åt som før. Men den dagen gjekk dei sju gonger kring byen. Då prestane bles i horna den sjuande gongen, sa Josva til folket: «Ropa no! For Herren har gjeve dykk byen. Og byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre skjøkja Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva, fordi ho løynde dei mennene vi sende ut. Akta dykk berre så de ikkje får hug på bannlyst gods og tek av det. For då legg de Israels-leiren under bann og fører han i ulukke. Men alt sølvet og gullet og alle tinga av kopar og jern skal viast til Herren og koma i skattkammeret hans.» Så tok folket til å ropa, og prestane bles i horna. Med det same folket høyrde hornlåten, sette dei i med eit sterkt rop. Då ramla muren ned, og folket gjekk rett inn i byen og tok han. Dei bannstøytte alt som fanst der. Både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel hogg dei ned med sverd. Men Josva sa til dei to mennene som hadde speida ut landet: «Gå inn i huset åt skjøkja og før ut både kvinna og alt folket hennar, som de med eid har lova henne.» Så gjekk dei inn, dei unge mennene som hadde vore der og speida, og dei henta Rahab og foreldra og brørne hennar og alle dei andre som høyrde henne til. Alt skyldfolket hennar tok dei med til ein stad utanfor Israels-leiren og lét dei vera der. Så sette dei eld på byen og brende han opp med alt som i han var. Berre sølvet og gullet og det som var av kopar og jern, la dei ned i skattkammeret i Herrens hus. Josva lét skjøkja Rahab få leva, og heile huslyden hennar, alle som høyrde henne til. Sidan har ætta hennar butt mellom israelittane til denne dag, fordi ho løynde dei mennene som Josva hadde sendt ut for å speida i Jeriko. Den gongen lét Josva folket sverja denne eiden: «Forbanna for Herrens åsyn vere den som tek seg til å byggja opp att denne byen. Når han legg grunnvollen, skal det kosta han eldste sonen, og når han set opp portane, skal han missa den yngste.» Såleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord om han over heile landet. Men israelittane fór ikkje ærleg fram med det bannlyste godset. Akan, son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta, tok av det. Då vart Herren brennande harm på israelittane. Frå Jeriko sende Josva nokre menn til Ai, som ligg tett attmed Bet-Aven, austanfor Betel. Han sa at dei skulle fara opp og speida i landet der. Så fór mennene opp og speida i Ai. Då dei kom attende til Josva, sa dei til han: «Lat ikkje heile hæren fara dit opp! Send to – tre tusen mann, så tek dei Ai. Du treng ikkje bry alt folket med det; for dei er ikkje mange.» Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei laut røma for mennene i Ai. Fiendane slo i hel trettiseks av dei. Dei sette etter dei frå byporten heilt til steinbrota og hogg dei ned i bakkane der. Då miste israelittane motet; det kvarv som vatn. Josva og dei eldste i Israel reiv sund kleda sine og kasta seg ned framfor Herrens kiste med andletet mot jorda. Såleis vart dei liggjande heilt til kvelds, og dei strøydde mold på hovuda sine. Og Josva sa: «Å, Herre Gud! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det fordi du ville gje oss i hendene på amorittane og la oss gå til grunne? Gjev vi hadde vorte verande på hi sida av Jordan! Å, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har mått røma for fienden? Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra dette, kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?» Då sa Herren til Josva: Reis deg opp! Kvifor ligg du her med andletet mot jorda? Israel har synda og brote den pakta eg baud dei å halda. Dei har teke av det som var bannlyst, stole det og gøymt det mellom sine eigne ting. Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane, men må røma for dei; for dei er sjølve komne under bann. Skil de dykk ikkje av med det som er bannlyst, vil eg ikkje vera med dykk lenger. Stå opp! Lat folket helga seg! Sei til dei at dei skal helga seg til i morgon. For så seier Herren, Israels Gud: Det finst bannlyst gods hjå deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det. I morgon tidleg skal de stiga fram, ætt for ætt. Og den ætta Herren tek ut, skal stiga fram, grein for grein. Og den ættgreina Herren tek ut, skal stiga fram, huslyd for huslyd. Og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann. Den som det bannlyste godset vert funne hjå, skal brennast med alt sitt. For han har brote Herrens pakt og gjort eit skjemdarverk i Israel. Morgonen etter stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, ætt for ætt. Og Juda-ætta vart utteken. Så lét han ættgreinene i Juda stiga fram, og Serah-greina vart utteken. Så lét han Serah-greina stiga fram, huslyd for huslyd, og Sabdis huslyd vart utteken. Til sist lét han Sabdis huslyd stiga fram, mann for mann, og Akan vart utteken. Han var son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta. Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære og pris! Sei meg kva du har gjort, og døl ikkje noko for meg!» Akan svara: «Det er sant. Eg har synda mot Herren, Israels Gud. No skal eg seia kva eg har gjort: Mellom hærfanget såg eg ei fin babylonsk kappe, to hundre sekel sølv og ei gullstong som vog femti sekel. Dette fekk eg hug på, og så tok eg det. Det ligg nedgrave under teltet mitt; sølvet ligg underst.» Då sende Josva nokre menn av stad. Dei sprang bort til teltet; der fann dei det nedgrave, og sølvet låg underst. Dei tok det med seg frå teltet og bar det til Josva og alle israelittane og la det ned framfor Herrens åsyn. Og Josva og heile Israel tok Akan av Serah-ætta, sølvet, kappa og gullstonga, sønene og døtrene hans, storfeet, esla og småfeet hans, teltet hans og alt det han elles åtte, og førte det opp til Akor-dalen. Og Josva sa: «For ei ulukke du har ført over oss! I dag skal Herren føra ulukke over deg.» Så tok heile Israel og steina han. Og det som høyrde han til, brende eller steina dei. Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys over han; og den har lege der til denne dag. Då gav Herren opp den brennande vreiden sin. Difor vart den staden kalla Akor-dalen, og det heiter han den dag i dag. Så sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Ta med deg heile hæren og gjer deg ferdig til å gå mot Ai! Sjå, eg gjev kongen i Ai i dine hender, og folket og byen og landet hans. Gjer med Ai og kongen der som du gjorde med Jeriko og kongen der. Men hærfanget og feet kan de ta sjølve. Lat nokre av mennene dine leggja seg i bakhald på vestsida av byen!» Då gjorde Josva seg ferdig til å fara opp mot Ai med heile hæren. Han valde ut tretti tusen mann, djerve krigarar, og sende dei av stad om natta. Han sa til dei: «Legg dykk i bakhald på vestsida av byen, ikkje langt frå han, og hald dykk budde, alle saman! Så skal eg og alt folket som er med meg, gå tett innåt byen. Når dei så dreg ut mot oss, som dei gjorde førre gongen, rømer vi for dei. Då kjem dei til å setja etter oss så langt at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer med seg at vi rømer for dei som vi gjorde førre gongen. Og medan vi rømer, skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. For no vil Herren dykkar Gud gje han i hendene dykkar. Og når de har teke byen, skal de setja eld på han. De skal gjera som Herren har sagt. Dette byd eg dykk.» Så sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og la seg i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Sjølv var Josva hjå folket den natta. Morgonen etter stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel føre hæren opp til Ai. Alle krigarane som var med han, tok i veg og drog fram til dei hadde byen midt for seg. Der slo dei leir nordanfor Ai, så det var ein dal mellom dei og byen. Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Og då dei hadde fylka hæren, både den flokken som låg i leir nordanfor byen, og den som låg vestanfor byen, gjekk Josva ned i dalen om natta. Då kongen i Ai såg det, var han snøgg i vendinga. Tidleg om morgonen tok dei ut, både han og mennene i byen, og drog mot israelittane. Kongen og heile hæren hans ville strida mot Israel på samlingsplassen midt for øydemarka. Han visste ikkje at det låg folk og lurte på han vestanfor byen. Josva og heile Israel gjorde som om dei tapte for fienden og rømde mot øydemarka. Då vart alt folket i byen kalla ut for å forfylgja dei. Dei sette etter Josva og kom lenger og lenger bort frå byen. Det var ikkje ein mann att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfylgde Israel. Då sa Herren til Josva: «Rett spydet som du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette spydet sitt ut mot byen. Og då dei som låg i bakhald, såg det, sprang dei fram frå gøymsla si, fór inn i byen og tok han. Så skunda dei seg og sette eld på han. Best som mennene frå Ai snudde seg, vart dei var røyken som steig til vers frå byen. Men dei såg seg inga råd til å koma unna, korkje hit eller dit. For den flokken som hadde rømt ut i øydemarka, vende seg no mot forfylgjarane. Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at røyken steig opp, snudde dei om og slo mennene frå Ai. Samstundes kom dei som hadde teke byen, ut imot dei, så mennene frå Ai fekk israelittane mot seg på to kantar. Og dei vart nedhogne til siste mann; ingen vart att, og ingen slapp unna, så nær som kongen i Ai. Han tok dei levande til fange, og dei førte han til Josva. Då israelittane hadde drepe alle Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarka, og fiendane var falne for sverd alle som ein, då vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var der. Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai. Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med, før han hadde bannstøytt alle Ai-buane. Berre feet og det hærfanget som israelittane tok i byen, eigna dei til seg, etter det påbodet Herren hadde gjeve Josva. Josva brende Ai og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, som han har vore til denne dag. Kongen i Ai hengde han opp i eit tre, og der vart han hangande til kvelds. Då sola gladde, lét Josva dei ta liket ned frå treet. Dei kasta det framfor byporten og dyngde opp ei stor steinrøys over det; den har lege der til denne dag. Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet. Han gjorde det så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, og som det står skrive i lovboka åt Moses: eit altar av utilhogne steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. Der bar dei fram brennoffer for Herren og slakta måltidsoffer. Og på steinane rita han inn, medan israelittane såg på, ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive. Heile Israel, både dei innfødde og innflyttarane, saman med dei eldste i folket og tilsynsmennene og domarane, stod på begge sider av Herrens paktkiste, midt imot levittprestane som bar kista. Den eine halvparten stod vend mot Garisim-fjellet, den andre mot Ebal-fjellet. Såleis hadde Moses, Herrens tenar, sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israels-folket. Så las Josva opp alt det som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, heiltopp så som det står skrive i lovboka. Det fanst ikkje eit ord av alt det som Moses hadde sagt føre, utan at Josva las det opp for heile Israels-lyden og for kvinnene, borna og innflyttarane som fylgde med. Alle kongane som budde vestanfor Jordan, i fjellbygdene, i Sjefela og langsmed heile havstranda opp mot Libanon, hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, fekk høyra om det som hadde hendt. Då samla dei seg alle som ein og ville strida mot Josva og israelittane. Folket i Gibeon fekk òg høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai. Då greip dei til ei list: Dei gjekk bort og tok seg ferdakost, og på esla sine la dei gamle sekker og utslitne vinhiter, som var både sprokne og bøtte. Dei hadde gamle, lappa skor på føtene og fillete klede på kroppen; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra. Såleis kom dei til Josva i leiren ved Gilgal og sa til han og israelittane: «Vi kjem frå eit land langt borte. Gjer no pakt med oss!» Men Israels-mennene sa til hevittane: «De bur vel tett attmed oss. Korleis kan vi då gjera pakt med dykk?» Då sa dei til Josva: «Vi er trælane dine.» Josva spurde: «Kven er de, og kvar kjem de frå?» Dei svara: «Trælane dine er komne hit frå eit land langt borte, fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt gjete han og alt det han gjorde i Egypt, og alt det han gjorde med dei to amorittkongane austanfor Jordan, Sihon, kongen i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot. Då sa styresmennene våre og alle som bur i landet vårt, til oss: Ta med dykk niste på vegen, far til møtes med dei og sei til dei: Vi er trælane dykkar. Gjer no pakt med oss! Her ser de brødet vårt. Det var varmt då vi tok det med oss heimanfrå den dagen vi drog av stad og ville møta dykk. Men sjå no kor turt og smuldra det er! Her er vinhitene våre. Dei var nye då vi fylte dei, men no er dei sprokne. Og her ser de kleda og skorne våre. Dei har vorte utslitne på den endelause ferda.» Då tok mennene og smaka på nista deira; men dei spurde ikkje Herren til råds. Og Josva gjorde fred og pakt med dei og lova at dei skulle få leva. Og leiarane i folket gjorde eid på det. Men tre dagar etter at dei hadde gjort pakt med Gibeon-buane, fekk dei vita at dei høyrde heime i grannelaget og budde tett attmed dei. Då tok israelittane ut, og tredje dagen kom dei til byane deira. Det var Gibeon, Kefira, Be’erot og Kirjat-Jearim. Men dei slo ikkje i hel folket der, sidan leiarane hadde gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud. Då murra heile folket mot leiarane. Men alle leiarane tala til folket og sa: «Vi har gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud, og no kan vi ikkje leggja hand på dei. Høyr kva vi vil gjera med dei! Vi vil spara livet deira og ikkje bryta den eiden vi svor dei. For då kallar vi Guds harme ned over oss. Dei skal få leva,» sa leiarane, «men dei skal vera vedhoggarar og vassberarar for heile folket.» Og det vart som leiarane sa. Josva kalla mennene frå Gibeon føre seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte? De bur då tett attmed oss. No skal de vera forbanna. Ingen av dykk skal sleppa å vera træl. De skal hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.» Då svara dei Josva så: «Trælane dine fekk vita at Herren din Gud hadde lova Moses, tenaren sin, at han ville gje dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som bur der. Då vart vi livande redde for dykk. Difor gjorde vi dette. Men no er vi i dine hender. Gjer med oss som du finn for godt.» Då gjorde han med dei som han hadde sagt; han berga dei for israelittane, så dei ikkje vart drepne. Men same dagen sette Josva dei til å hogga ved og bera vatn for folket og til Herrens altar, på den staden Herren ville velja seg ut, og det har dei gjort til denne dag. Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og bannstøytt byen, og at han hadde gjort like eins med Ai og kongen der som med Jeriko og kongen der. Han fekk òg høyra at folket i Gibeon hadde gjort fred med israelittane og budde midt imellom dei. Då vart han livande redd; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, større enn Ai, og alle mennene der var djerve krigarar. Så sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa: «Kom opp og hjelp meg, så vi kan slå folket i Gibeon fordi dei har gjort fred med Josva og israelittane.» Då kom dei saman desse fem amorittkongane og drog opp med hærane sine. Det var kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon. Dei kringsette Gibeon og ville ta på byen. Men folket i Gibeon sende bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av trælane dine, men kom opp til oss så fort du kan! Hjelp oss og berga oss! For alle amorittkongane som bur i fjellbygdene, har slege seg i hop mot oss.» Så tok Josva ut frå Gilgal med heile hæren, alle dei djerve krigarane sine. Og Herren sa til han: «Ver ikkje redd amorittkongane! Eg gjev dei i dine hender. Ikkje ein av dei skal kunna stå seg mot deg.» Josva kom brått over dei, etter at han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natta. Og Herren sette slik støkk i dei då israelittane kom, at dei leid eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfylgde Josva dei på vegen som ber opp til Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned. Som dei rømde for israelittane og var komne til bakken ved Bet-Horon, sende Herren store hagl ned over dei frå himmelen, så dei fall døde til jorda bortetter heile vegen til Aseka. Dei som sette livet til i haglskura, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd. Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amorittane i Israels vald. Han sa så heile Israel høyrde det: «Stå still, du sol, i Gibeon, dryg, du måne, i Ajjalons dal!» Og sola stod still, ¬og månen stogga til folket fekk hemn ¬over sine fiendar. Så står det skrive i «Boka åt den rettvise». Sola vart ståande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag før ho gjekk ned. Aldri, anten før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann såleis. For Herren stridde for Israel. Så fór Josva og heile Israel med han attende til leiren ved Gilgal. Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hola bortmed Makkeda. Då Josva fekk melding om at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hola bortmed Makkeda, sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hola og set nokre menn til å halda vakt der! Men sjølve må de ikkje stansa. Set etter fiendane og hogg ned dei som er attarst i flokken. Lat dei ikkje få koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har gjeve dei i dykkar hender.» Josva og israelittane knuste fiendane og gjorde reint ende på dei. Berre nokre få slapp unna og berga seg inn i festningsbyane. Då slaget var over, kom heile hæren uskadd attende til Josva i leiren ved Makkeda. Og det fanst ingen som torde kny mot israelittane. Då sa Josva: «Ta bort steinane som ligg framfor inngangen til hola, og før dei fem kongane ut til meg!» Så vart gjort; dei førte dei fem kongane ut til han frå hola: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon. Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han saman alle Israels-mennene og sa til hærførarane som hadde fylgt han i striden: «Kom hit og set foten på nakken åt desse kongane!» Då gjekk dei fram og sette foten på nakken deira. Og Josva sa til dei: «Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Ver djerve og sterke! For såleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.» Så hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp i fem tre, og der vart dei hangande til kvelds. Men då sola gladde, lét Josva mennene sine ta dei ned or trea og kasta dei inn i den hola dei hadde gøymt seg i. Framfor inngangen til hola la dei store steinar, og dei ligg der den dag i dag. Same dagen tok Josva Makkeda og øydde byen med odd og egg. Han bannstøytte både kongen og kvart levande liv som der fanst; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko. Frå Makkeda fór Josva med heile Israel til Libna. Han tok på byen, og Herren gav både Libna og kongen der i Israels hender. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko. Frå Libna fór Josva med heile Israel til Lakisj. Han kringsette byen og tok på han. Og Herren gav Lakisj i hendene på israelittane. Alt andre dagen tok dei byen. Dei øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Libna. Då kom Haros, kongen i Geser, opp og ville hjelpa Lakisj. Men Josva hogg ned både han og mennene hans; ingen vart att, og ingen slapp unna. Frå Lakisj fór Josva med heile Israel til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han. Same dagen tok dei han og øydde han med odd og egg. Den dagen bannstøytte dei kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Lakisj. Frå Eglon fór Josva med heile Israel til Hebron. Dei stridde mot byen og tok han. Med odd og egg øydde dei både byen og bygdene rundt ikring og tynte kongen og kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Dei fór i alle måtar fram som dei hadde gjort med Eglon. Dei bannstøytte byen og kvart liv som der var. Sidan vende Josva og heile Israel seg mot Debir. Dei stridde mot byen og tok både den og kongen som budde der, og alle byane ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst i byen; ingen vart att, og ingen slapp unna. Josva gjorde like eins med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der. Såleis tok Josva heile landet, både fjellbygdene, Negev, Sjefela og liene. Han slo alle kongane som budde der, og lét ingen vera att eller sleppa unna. Kvart levande liv bannstøytte han, som Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre. Josva tok alt landet mellom Kadesj-Barnea og Gasa og heile Gosen-landet til Gibeon. Han slo alle kongane der og tok landet deira på ein gong. For Herren, Israels Gud, stridde for Israel. Så fór Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal. Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongane i Sjimron og Aksjaf og til dei andre kongane der nord, både i fjellbygdene og i Jordan-dalen sør for Kinneret, i låglandet og på Dor-høgdene utmed havet. Han sende bod til kanaanearane både i aust og i vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellbygdene og hevittane nedunder Hermon, i Mispa-landet. Då tok dei ut med hærane sine, ein flokk så talrik som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i stor mengd. Alle desse kongane kom saman og fór til Merom-elva. Der slo dei leir og ville gå til strid mot Israel. Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid legg eg dei alle drepne framfor israelittane. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna vognene deira.» Josva og heile hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og tok på dei. Og Herren gav dei i Israels hender. Israelittane vann over dei og sette etter dei radt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei hogg dei ned, så ingen vart att eller slapp unna. Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar av hasane på hestane deira og brende vognene deira. Med så gjort snudde Josva om, tok Hasor og hogg ned kongen der. Hasor var før i tida det fremste av alle desse rika. Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han. Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre. Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg der, kvar på sin haug. Det var berre Hasor Josva brende. Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd. Dei rudde dei ut og sparte ikkje eit levande liv. Det Herren hadde bode Moses, tenaren sin, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva. Han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses. Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der, frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel. I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane. Det fanst ingen by som gjorde fred med israelittane, utan hevittane som budde i Gibeon; alle dei andre tok dei med makt. For Herren laga det så at dei gjorde seg harde i hugen og møtte israelittane i strid. Han ville at dei skulle bannstøytast og ingen nåde få, men rydjast ut, så som han hadde sagt til Moses. På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira. Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva. Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del. Og landet fekk ro etter ufreden. Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan, det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane. Han rådde òg over austsida av Jordan-dalen, opp til Gennesaret-sjøen og ned til Araba-sjøen – eller Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sør under Pisga-liene. Så var det landet til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han budde i Asjtarot og Edre’i og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon. Desse kongane hadde Moses, Herrens tenar, og israelittane vunne over, og Moses hadde late Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta få landet deira til odel og eige. No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se’ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del: i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane. Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein, kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein, kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakisj, ein, kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein, kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein, kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein, kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein, kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein, kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein, kongen i Afek, ein, kongen i Saron, ein, kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein, kongen i Sjimron-Meron, ein, kongen i Aksjaf, ein, kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein, kongen i Kedesj, ein, kongen i Jokneam ved Karmel, ein, kongen i Dor på Dor-høgda, ein, kongen over folka i Galilea, ein, kongen i Tirsa, ein, i alt trettiein kongar. Då Josva var gamal og langt oppi åra, sa Herren til han: «No er du gamal og tilårskomen. Men enno er det mykje land å ta. Det som står att, er: alle filistarbygdene og heile gesjurittlandet, frå Sjikor-elva austanfor Egypt til Ekrons grense i nord. Dette vert rekna for kanaaneisk land og tilhøyrer dei fem filistarfyrstane i Gasa, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron. Så er det landet åt avittane i sør og heile kanaanearlandet og Meara, som tilhøyrer fønikarane, til Afek, til grensa mot amorittlandet; vidare gebalittlandet og heile Libanon austover frå Ba’al-Gad nedunder Hermon-fjellet til Lebo-Hamat. Alle som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle fønikarane, vil eg driva ut for israelittane. Kast berre lodd og lat israelittane få dette landet til odel og eige, som eg har sagt deg. Skift det ut til dei ni ættene og den eine halvparten av Manasse-ætta!» Saman med den andre halvparten av Manasse hadde Ruben og Gad fått odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei: landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon, alle byane åt amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane, og så Gilead, landet åt gesjurittane og ma’akatittane, heile Hermon-fjellet og Basan radt til Salka, heile riket åt Og i Basan, han som styrte i Asjtarot og Edre’i. Han var den siste som var att av refaittane, som Moses hadde slege og drive ut or landet. Men israelittane dreiv ikkje ut gesjurittane og ma’akatittane. Dei har butt i Israel til denne dag. Det var berre Levi-ætta Moses ikkje gav noko odelsland. Eldoffera åt Herren, Israels Gud, er deira odel, som han hadde lova dei. Fyrst lét Moses Rubens-sønene få sin del, ætt for ætt. Dei fekk landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba, Hesjbon og alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Ba’al, Bet-Ba’al-Meon, Jahsa, Kedemot, Mefa’at, Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på fjellet i dalen, Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot, og alle dei andre byane på høgsletta, heile riket åt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon. Moses slo både han og midjanitthovdingane Evi, Rekem, Sjur, Hur og Reba, fyrstar som stod under Sihon og budde der i landet. Mellom dei falne var òg Bileam Beorsson, spåmannen som israelittane drap med sverd. Jordan var grensa for landet åt Rubens-sønene. Dette var det landet Rubens-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med dei byar og landsbyar som høyrde til. Så lét Moses Gads-ætta, Gads-sønene, få sin del, ætt for ætt. Det dei fekk, var Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av ammonittlandet heilt til Aroer, som ligg midt for Rabba. Landet deira nådde frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-bygda. Nede i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesjbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og grensa fylgde Jordan heilt opp til sørenden av Gennesaret-sjøen. Dette var det landet Gads-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med byar og landsbyar. Så lét Moses halve Manasse-ætta, halvparten av Manasse-sønene, få sin del, ættgrein for ættgrein. Dei fekk landet frå Mahanajim og nordover, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle teltbyane åt Ja’ir i Basan, seksti byar, og halve Gilead og Asjtarot og Edre’i, kongsbyane åt Og i Basan. Alt dette fekk halvparten av Manasse-sønene, etterkomarane etter Makir, son til Manasse, ætt for ætt. Dette var det landet Moses skifte ut medan dei var på Moab-slettene austanfor Jordan, midt for Jeriko. Men Levi-ætta gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, så som han hadde lova dei. Dette er dei bygdene som israelittane fekk til odel og eige i Kanaan. Det var presten Elasar, Josva Nunsson og hovdingane over Israels-ættene som stod for utskiftinga. Det vart kasta lodd om landet, så som Herren hadde sagt gjennom Moses, og dei ni ættene og den eine halve ætta fekk land på den måten. Dei andre ættene, to og ei halv, hadde Moses gjeve land austanfor Jordan. Men levittane gav han ikkje noko odelsland saman med dei. Etterkomarane etter Josef var to ætter, Manasse og Efraim. Og levittane fekk ingen del av landet. Men dei fekk nokre byar til å bu i, med beitemarker åt buskapen og feet deira. Israelittane skifte ut landet; dei gjorde som Herren hadde sagt Moses. Då kom Juda-sønene til Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea. Eg var førti år gamal den gongen Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å speida ut landet, og eg kom attende og sa frå etter beste skjøn. Frendane mine som fylgde meg dit opp, tok reint motet frå folket. Men eg heldt meg trufast til Herren min Gud. Den dagen svor Moses: «Det landet du set foten din i, skal sanneleg høyra deg og borna dine til for alltid, fordi du heldt deg så trufast til Herren din Gud.» Og no ser du at Herren har halde lovnaden sin. Han har late meg leva dei førtifem åra som har gått sidan han tala dette til Moses, all den tid Israel ferdast i øydemarka. Og no er eg, som du ser, åttifem år gamal. Framleis er eg like sterk som den dagen Moses sende meg ut. Krafta er den same som då, både i krig og i det daglege yrket. Så lat meg no få denne fjellbygda som Herren tala om den dagen. Du høyrde då sjølv den gongen at det bur anakittar der, og at dei har store, sterke byar. Men Herren vil vel vera med meg, som han har sagt, så eg får drive dei ut. Då velsigna Josva Kaleb, son til Jefunne, og gav han Hebron til odel og eige. Såleis gjekk det til at Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta fekk Hebron, som sidan har fylgt ætta hans til denne dag, fordi han heldt seg så trufast til Herren, Israels Gud. Hebron hadde før heitt Kirjat-Arba, etter den største mannen mellom anakittane. Då var det slutt på ufreden, og landet fekk ro. Ved loddkastinga fekk Juda-sønene, ætt for ætt, den delen av landet som grensar til Edom, heilt til Sin-øydemarka lengst i sør. Grensa i sør går ut frå enden av Saltsjøen, frå den vika som ligg lengst i sør. Derifrå går ho sør for Akrabbim-skaret over til Sin, og så oppover sør for Kadesj-Barnea, framom Hesron og opp til Addar. Der svingar ho bort til Karka, går så framom Asmon, når til Egyptarbekken og endar utmed havet. Dette skal vera grensa deira i sør. I aust fylgjer grensa Saltsjøen opp til Jordan-osen. På nordsida går grensa frå den vika av Saltsjøen som Jordan renn ut i. Derifrå går ho til Bet-Hogla og nord for Bet-Ha’araba opp til Bohan-steinen. Bohan var son til Ruben. Så held ho fram gjennom Akor-dalen opp til Debir; der svingar ho nordover til Gilgal, som ligg beint imot Adummim-skaret, sør for dalen, og går så til En-Sjemesj-bekken og fram til Rogel-kjelda. Derifrå går grensa opp gjennom Hinnom-dalen, på sørsida av Jebusitt-åsen, det er Jerusalem, og opp til toppen av det fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa’im-dalen. Frå den fjelltoppen svingar ho bort til Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Ba’ala, det er Kirjat-Jearim. Frå Ba’ala svingar ho vestover til Se’ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, der Kesalon ligg, ned til Bet-Sjemesj og fram til Timna. Så går ho nordover til Ekron-åsen; der svingar ho bort mot Sjikkeron, går framom Ba’ala-fjellet til Jabne’el og endar utmed havet. I vest er Storhavet grensa. Dette var grensene kring det landet Juda-sønene fekk, ætt for ætt. Kaleb Jefunneson fekk sin del av landet midt imellom Juda-sønene, som Herren hadde sagt til Josva. Det var den byen som hadde namn etter Arba, ættefar til anakittane, og som no heiter Hebron. Kaleb dreiv ut dei tre anakittane som budde der, Sjesjai, Akiman og Talmai, etterkomarane etter Anak. Sidan drog han opp mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer. Då sa Kaleb: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.» Otniel, son til Kenas, bror til Kaleb, tok byen og fekk Aksa til kone. Då ho skulle flytta heim til han, eggja ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Som ho hoppa ned av eselet, spurde Kaleb henne: «Kva er det du vil?» Ho svara: «Lat meg få ei avskilsgåve! Når du har gift meg bort til dette turre Negev-landet, får du gje meg vasskjelder òg.» Så gav han henne Øvrekjelda og Nedrekjelda. Dette er dei eigedomane som Juda-ætta fekk. Lengst sør i landet, i Negev, bort imot grensa til Edom, var det desse byane: Kabse’el, Eder, Jagur, Kina, Dimona, Adada, Kadesj, Hasor, Jitnan, Sif, Telem, Bealot, Hasor-Hadatta, Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor, Amam, Sjema, Molada, Hasar-Gadda, Hesjmon, Bet-Pelet, Hasar-Sjual, Be’er-Sjeba, Bisjotja, Ba’ala, Ijjim, Esem, Eltolad, Kesil, Horma, Siklag, Madmanna, Sansanna, Lebaot, Sjilkim, Ajin og Rimmon, i alt tjueni byar med landsbyar. I Sjefela var det: Esjta’ol, Sora, Asjna, Sanoah, En-Gannim, Tappuah, Ha’enam, Jarmut, Adullam, Soko, Aseka, Sja’arajim, Aditajim, Gedera og Gederotajim, fjorten byar med landsbyar. Så var det Senan, Hadasja, Migdal-Gad, Dilan, Mispe, Jokte’el, Lakisj, Boskat, Eglon, Kabbon, Lakmas, Kitlisj, Gederot, Bet-Dagon, Na’ama og Makkeda, seksten byar med landsbyar. Så Libna, Eter, Asjan, Jiftah, Asjna, Nesib, Ke’ila, Aksib og Maresja, ni byar med landsbyar. Dessutan Ekron med byar og landsbyar, alle byane og landsbyane frå Ekron og vestover mot Asjdod og så Asjdod og Gasa med byar og landsbyar heilt til Egyptarbekken og Storhavet. Det var grensa der. I fjell-landet var det: Sjamir, Jattir, Soko, Danna, Kirjat-Sanna, som no heiter Debir, Anab, Esjtemo, Anim, Gosen, Holon og Gilo, elleve byar med landsbyar. Så var det Arab, Duma, Esjan, Janim, Bet-Tappuah, Afeka, Humta, Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, og Sior, ni byar med landsbyar. Så Maon, Karmel, Sif, Jutta, Jisre’el, Jokdeam, Sanoah, Kajin, Gibea og Timna, ti byar med landsbyar. Så Halhul, Bet-Sur, Gedor, Ma’arat, Bet-Anot og Eltekon, seks byar med landsbyar. Så Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, to byar med landsbyar. I øydemarka var det: Bet-Ha’araba, Middin, Sekaka, Hannibsjan, Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med landsbyar. Men jebusittane, som budde i Jerusalem, vann ikkje Juda-sønene driva ut. Dei vart buande i Jerusalem saman med Juda-sønene, og der bur dei den dag i dag. Den delen av landet som fall på Josefs-sønene, tok til bortmed Jordan-elva, der ho renn framom Jeriko. Grensa gjekk austanfor Jeriko-kjelda, gjennom øydemarka som frå Jeriko stig opp i fjellet til Betel. Frå Betel heldt ho fram til Lus og så gjennom arkittlandet til Atarot. Der tok ho vestover til jafletittlandet, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet. Dette landet var det Josefs-sønene, Manasse og Efraim, fekk til odel og eige. Såleis låg det til, det landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk: I aust gjekk landegrensa deira frammed Atrot-Adar, heldt fram til Øvre Bet-Horon og enda utmed havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat; så svinga ho austover til Ta’anat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah. Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Na’ara og beint framom Jeriko til Jordan. Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk. Og attåt det fekk dei alle byane og landsbyane som vart utskilde åt dei i det landet som høyrde Manasse-sønene til. Men dei dreiv ikkje ut dei kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande i Efraim, som dei gjer den dag i dag. Men dei laut gjera tvangsarbeid. Manasse var eldste son til Josef. Difor fekk ætta hans òg ein del av landet. Eldste son til Manasse var Makir, far til Gilead. Han var ein stor stridsmann; difor fekk han Gilead og Basan. Dei andre Manasse-sønene fekk òg land, ætt for ætt: sønene til Abieser, Helek, Asriel, Sikem, Hefer og Sjemida. Det var etterkomarane etter Manasse, son til Josef, og ættgreinene deira på mannssida. Men Hefer, son til Gilead og soneson til Makir, son til Manasse, hadde ein son som heitte Selofhad. Han hadde ingen søner, berre døtrer. Og døtrene heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa. Dei gjekk fram for presten Elasar, for Josva Nunsson og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss odelsjord saman med brørne våre.» Så fekk dei odelsjord saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt. Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austanfor Jordan. For døtrene til Manasse fekk odel saman med sønene hans. Gilead-landet hadde dei andre Manasse-sønene fått. Landet åt Manasse nådde frå Asjer til Mikmetat, midt for Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til En-Tappuah-bygda. Manasse fekk landet der, men Efraims-sønene fekk byen; han låg ved Manasses grense. Så gjekk grensa ned til Kana-bekken. Byane på sørsida av bekken fekk Efraim, endå dei låg midt imellom Manasse-byane. Sidan gjekk grensa for Manasse på nordsida av bekken og enda utmed havet. Efraim fekk det som var sønnanfor, og Manasse det som var nordanfor, og begge hadde havet til grense. I nord støytte dei mot Asjer og i aust mot Jissakar. I Jissakar- og Asjer-landet fekk Manasse Bet-Sjean og småbyane der ikring, Jibleam og småbyane der ikring og Dor, En-Dor, Ta’anak og Megiddo med folket der og byane som låg ikring, alle dei tre høgdedraga. Men Manasse-sønene greidde ikkje ta desse byane; det lukkast kanaanearane å halda seg der i landet. Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til å træla for seg, men dreiv dei ikkje ut. Josefs-sønene kom til Josva og sa: «Kvifor har du berre gjeve oss éin del av landet til odel og eige? Vi er då eit stort folk, fordi Herren til dessa har velsigna oss.» Då svara Josva: «Er de eit stort folk, så gå opp i skoglandet og ryd dykk jord der, i perisitt- og refaittlandet, sidan Efraims-landet er for trongt for dykk.» Josefs-sønene sa: «Fjellbygda rekk ikkje til for oss, og alle kanaanearane nede i dalbygdene har jernvogner, både dei som bur i Bet-Sjean og i småbyane der ikring, og dei som bur på Jisre’el-sletta.» Då sa Josva til Josefs-ætta, til Efraim og Manasse: «Mykje folk har du, og sterk er du. Du skal ikkje berre ha éin del, men eit heilt fjell-land skal du få. Der er det skog, og den kan du hogga. Og landet skal vera ditt til ytste endane; for kanaanearane skal du driva ut, endå dei har jernvogner og er aldri så sterke.» Så kom heile Israels-lyden saman i Sjilo, og der sette dei opp møteteltet. For no hadde dei lagt landet under seg. Men endå var det sju av Israels-ættene som ikkje hadde fått sin del av det. Då sa Josva til israelittane: «Kor lenge vil de drya før de går av og tek det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, har gjeve dykk? Vel ut tre mann av kvar ætt som eg kan senda i veg. Dei skal fara ikring i landet og skriva opp det dei ser, så vi kan vita korleis det skal delast. Sidan skal dei koma attende til meg. Så skal dei dela landet i sju. Juda-ætta skal verta verande i det landet ho har fått der sør, og Josefs-ættene i sitt land her nord. Men de skal setja opp ei liste over alt det som finst i dei sju landslutene og koma hit til meg med. Så skal eg kasta lodd for dykk for Herren vår Guds åsyn. For levittane skal ikkje ha nokon del saman med dykk; Herrens prestedøme er deira arv. Og Gad og Ruben og halve Manasse-ætta har alt fått sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav dei.» Så gjorde dei seg ferdige, dei mennene som skulle fara i veg og skriva opp det dei såg i landet, og Josva sa til dei: «Far ikring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så attende til meg, så skal eg kasta lodd for dykk her for Herren vår Guds åsyn.» Dermed tok mennene av stad og fór ikring i heile landet. Dei skreiv opp by for by i ei liste i sju bolkar. Så kom dei attende til Josva i leiren ved Sjilo. Og Josva kasta lodd for dei der, for Herrens åsyn. Han skifte landet mellom israelittane; kvar ætt fekk sin del. Det fyrste loddet fall på Benjamins-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg mellom Juda-sønene og Josefs-sønene. Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven. Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon. Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba’al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa. På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda. Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa’im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda. Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben. Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Jordan-dalen og ned i dalen. Der heldt ho fram til Bet-Hogla-åsen og enda i den nørdste vika av Saltsjøen, attmed Jordan-osen. Dette var sørgrensa. På austsida var Jordan skiljelina. Dette var det landet som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, med grensene kring det. Byane som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, var: Jeriko, Bet-Hogla, Emek-Kesis, Bet-Ha’araba, Semarajim, Betel, Ha’avvim, Happara, Ofra, Kefar-Ha’ammoni, Ha’ofni og Geba, tolv byar med landsbyar. Så var det Gibeon, Rama, Be’erot, Mispe, Hakkefira, Hammosa, Rekem, Jirpe’el, Tarala, Sela, Ha’elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, Gibea og Kirjat-Jearim, fjorten byar med landsbyar. Dette var det landet Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk. Det andre loddet fall på Simeons-ætta, på Simeons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Juda-landet. Desse byane vart deira: Be’er-Sjeba, Sjeba, Molada, Hasar-Sjual, Bala, Esem, Eltolad, Betul, Horma, Siklag, Bet-Hammarkabot, Hasar-Susa, Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar, og Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar, og alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’alat-Be’er, Rama i Negev. Dette var det landet Simeons-sønene og ættgreinene deira fekk. Landet deira høyrde Juda til. Den delen som fall på Juda-sønene, var for stor for dei. Difor fekk Simeons-sønene landet sitt midt i deira. Det tredje loddet fall på Sebulons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid. Grensa deira gjekk vestover opp til Marala, heldt fram langs Dabbesjet og nådde den elva som renn austanfor Jokneam. Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, bort imot Kislot-Tabor-bygda, gjekk så til Daberat og opp til Jafia. Derifrå tok ho austover til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga så bort til Hannea. Så bøygde ho nordover til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen. Sebulon fekk byane Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar. Dette var det landet Sebulons-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar. Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakars-sønene og ættgreinene deira. I landet deira låg desse byane: Jisre’el, Hakkesulot, Sjunem, Hafarajim, Sjion, Anaharat, Harabbit, Kisjon, Ebes, Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes. Grensa gjekk frammed Tabor, Sjahasima og Bet-Sjemesj og enda i Jordan. I alt var det seksten byar med landsbyar. Dette var det landet Jissakars-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar. Det femte loddet fall på Asjers-sønene og ættgreinene deira. I landet deira låg desse byane: Helkat, Hali, Beten, Aksjaf, Alammelek, Amad og Misjal. Grensa nådde i vest til Karmel og Sjikor-Libnat. Der svinga ho austover til Bet-Dagon, nådde til Sebulon, heldt fram nordover til Jiftah-El-dalen, så til Bet-Ha’emek og Ne’iel og til Kabul i nord. Så heldt ho fram til Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt bort til Stor-Sidon. Der svinga ho mot Rama og heldt fram til Tyrus-borga. Så gjekk ho i ein boge om Hosa og nådde ut til havet. Her låg byane Mehalleb, Aksib, Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar. Dette var det landet Asjers-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar. Det sjette loddet fall på Naftali, Naftali-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, nådde frå Helef, frå Sa’anannim-eika, om Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan. Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer, og i aust var Jordan grensa. I Naftali låg desse festningsbyane: Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret, Adama, Rama, Hasor, Kedesj, Edre’i, En-Hasor, Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar. Dette var det landet Naftali-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar. Det sjuande loddet fall på Dans-sønene og ættgreinene deira. I landet deira låg desse byane: Sora, Esjta’ol, Ir-Sjemesj, Sja’alabbin, Ajjalon, Jitla, Elon, Timna, Ekron, Elteke, Gibbeton, Ba’alat, Jehud, Bene-Berak, Gat-Rimmon, Me-Hajjarkon, Harakkon og landet bort imot Jaffa. Men det vart for trongt for Dans-sønene i landet deira. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei drap folket i Lesjem med sverd, la byen under seg og busette seg der. I staden for Lesjem kalla dei han Dan etter ættefar sin. Dette var det landet Dans-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar. Då israelittane vel hadde skift ut landet, stykke for stykke, lét dei Josva Nunsson få ei odelseige mellom seg. Dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad om, Timnat-Serah på Efraims-fjellet. Han bygde byen opp att og busette seg der. Dette var dei lutene av landet som presten Elasar, Josva Nunsson og ættehovdingane i Israel delte ut ved loddkasting. Det vart gjort i Sjilo, for Herrens åsyn, framfor møteteltdøra. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet. Herren tala til Josva og sa: Sei til israelittane at dei skal gje frå seg dei fristadene som eg tala til dei om gjennom Moses. Dit skal ein drapsmann kunna røma når han av vanvare og uviljande har slege einkvan i hel. Desse byane skal vera ei livd for han når han rømer for blodhemnaren. Drapsmannen kan røma til ein av dei. Så skal han stiga fram i byporten og tala si sak for dei eldste i byen. Og dei skal ta vel imot han og gje han ein bustad hjå seg. Når så blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje la han få tak i drapsmannen. For det er uviljande han har slege ein landsmann i hel; han bar ikkje hat til han frå før. Han skal få bu der i byen til han har stått til rettes for folket og fått sin dom, eller til han som var øvsteprest på den tid, er død. Då kan drapsmannen fara heim att til sin eigen by og sitt eige hus som han laut røma ifrå. Då skilde dei ut desse byane: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraims-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella. Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, valde dei ut desse: i Rubens-ætta Beser i øydemarka på høgsletta, i Gads-ætta Ramot i Gilead og i Manasse-ætta Golan i Basan. Desse byane skulle vera fristader for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til mellom dei. Kvar den som av vanvare kom til å slå i hel ein landsmann, kunne røma dit. Han skulle ikkje døy for hemnarhand før han hadde stått til rettes for folket. Ættehovdingane åt levittane kom til presten Elasar, til Josva Nunsson og ættehovdingane åt dei andre israelittane og tala såleis til dei i Sjilo i Kanaan: «Gjennom Moses sa Herren frå at vi skulle få byar til å bu i, med beitemarker ikring for feet vårt.» Då gjorde israelittane som Herren hadde sagt. Av sitt eige land gav dei levittane desse byane med beitemarker ikring: Fyrst fall loddet på Kehat-ættene. Dei levittane som var ætta frå Aron, presten, fekk tretten byar hjå Juda-, Simeons- og Benjamins-ættene. Dei andre Kehat-ættene fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims- og Dans-ættene og halve Manasse-ætta. Gersjon-ættene fekk ved loddkasting tretten byar frå Jissakars-, Asjers- og Naftali-ættene og frå den halvparten av Manasse-ætta som budde i Basan. Merari-ættene fekk tolv byar frå Rubens-, Gads- og Sebulons-ættene. Desse byane med beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane ved loddkasting, så som Herren hadde sagt gjennom Moses. Frå Juda- og Simeons-ættene gav dei desse byane som no skal nemnast. Det var dei etterkomarane etter Aron som høyrde Kehat-ættene til og var levittar, som fekk dei. For loddet fall fyrst på dei. Dei fekk Kirjat-Arba, den byen i Juda-fjella som heitte etter ættefaren til anakittane, og som vi no kallar Hebron, med beitemarkene rundt ikring. Men bymarka og landsbyane som høyrde til, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eige. Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk desse byane: Hebron, som var fristad for drapsmenn, og Libna, Jattir, Esjtemoa, Holon, Debir, Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj. Frå desse to ættene var det ni byar med beitemarkene som høyrde til. Frå Benjamins-ætta fekk dei Gibeon, Geba, Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til. Såleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt tretten byar med beitemarker attåt. Dei andre levittane som høyrde Kehat-ættene til, fekk ved loddkasting nokre byar frå Efraims-ætta. Dei fekk Sikem i Efraims-fjella, som var fristad for drapsmenn, og Geser, Kibsajim og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til. Frå Dans-ætta fekk dei Elteke, Gibbeton, Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til. Frå den eine halvparten av Manasse-ætta fekk dei Ta’anak og Jibleam, to byar med beitemarkene som høyrde til. Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei andre Kehat-ættene fekk. Dei levittane som høyrde Gersjon-ættene til, fekk frå den andre halvparten av Manasse-ætta Galon i Basan, som var fristad for drapsmenn, og Be’esjtera, to byar med beitemarkene som høyrde til. Frå Jissakars-ætta fekk dei Kisjon, Daberat, Jarmut og En-Gannim, fire byar med beitemarkene som høyrde til. Frå Asjers-ætta fekk dei Misjal, Abdon, Helkat og Rehob, fire byar med beitemarkene som høyrde til. Frå Naftali-ætta fekk dei Kedesj i Galilea, som var fristad for drapsmenn, og Hammat-Dor og Kartan, tre byar med beitemarkene som høyrde til. Såleis fekk Gersjon-sønene og ættgreinene deira tretten byar med beitemarker attåt. Dei andre levittane, Merari-sønene og ættgreinene deira, fekk desse byane: frå Sebulons-ætta Jokneam, Karta, Dimna og Nahalal, fire byar med beitemarkene som høyrde til; frå Rubens-ætta Beser, Jahsa, Kedemot og Mefa’at, fire byar med beitemarker; frå Gads-ætta Ramot i Gilead, som var fristad for drapsmenn, og Mahanajim, Hesjbon og Jaser, fire byar med beitemarker. Såleis fekk dei andre levittane, Merari-sønene, i alt tolv byar ved loddkasting. Til saman fekk levittane i odelslandet åt israelittane førtiåtte byar med beitemarker. Desse byane hadde kvar sine beitemarker ikring seg; så var det med dei alle. Såleis gav Herren Israel heile det landet som han med eid hadde lova å gje fedrane deira. Og dei eigna det til seg og busette seg der. Herren lét dei få fred på alle kantar, som han hadde lova fedrane deira. Ingen av fiendane kunne stå seg mot dei; for Herren gav alle fiendar i deira hand. Ikkje eit einaste av alle dei gode orda som Herren hadde tala til Israels-ætta, vart om inkje. Alt gjekk som han hadde sagt. Då kalla Josva til seg Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta og sa til dei: «De har gjort alt det som Moses, Herrens tenar, baud dykk, og meg har de òg lydt i eitt og alt. I heile denne lange tida, til i dag, har de ikkje vike frå brørne dykkar. De har halde dykk trufast etter det som Herren dykkar Gud sa dykk. Og no har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få ro, som han lova dei. Far no heim att til telta dykkar, til det landet som Moses, Herrens tenar, gav dykk til odel og eige på hi sida av Jordan. Men legg vinn på å leva etter det bodet og den lova som Moses, Herrens tenar, gav dykk, at de skal elska Herren dykkar Gud og alltid gå på hans vegar, så de lever etter hans bod, held dykk til han og tener han av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.» Så velsigna Josva dei og bad farvel med dei, og dei fór heim att til telta sine. Moses hadde gjeve den eine halvparten av Manasse-ætta land i Basan. Og Josva hadde gjeve den andre halvparten land vestanfor Jordan saman med brørne deira. Som no Josva skildest med dei og velsigna dei, sa han til dei: «No fer de heim att med store rikdomar, med mykje fe, med sølv og gull, kopar og jern og ei mengd med klede. Del no med landsmennene dykkar det hærfanget de har teke frå fienden!» Så tok dei på heimveg, Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Dei skildest med dei andre israelittane i Sjilo i Kanaan og fór til sitt eige land, til Gilead, der dei hadde slege seg ned, så som Herren hadde lova gjennom Moses. Då Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta kom til landet ved Jordan, i Kanaan, bygde dei eit altar der attmed Jordan, eit altar så stort at ein kunne sjå det langan lei. Dei andre israelittane fekk høyra at desse ættene hadde bygt eit altar i landet ved Jordan, nær grensa mot Kanaan, på hi sida av det området som høyrde israelittane til. Då dei høyrde det, samla heile folket seg i Sjilo og ville gå til krig mot dei. Men fyrst sende israelittane Pinhas, son til presten Elasar, til Gilead, til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Og saman med han sende dei ti hovdingar, ein for kvar ætt i Israel. Kvar av dei var leiar for si ætt mellom Israels mange tusen. Dei kom til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta i Gilead og sa til dei: Så seier heile Herrens lyd: Kva er dette for truløyse de har vist mot Israels Gud, med di de no har vendt dykk bort frå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor har de sett dykk opp mot Herren? Var det ikkje nok med det brotet vi gjorde oss skuldige i ved Bet-Peor? Det har vi enno ikkje reinsa oss for, og det har ført ulukke over Herrens lyd. Og så vil de atter venda dykk bort frå Herren! Men set de dykk opp mot Herren i dag, kjem han i morgon til å la heile Israels-folket få kjenna sin harme. Synest de at det er ureint, det landet de har fått til eigedom, så kom berre over til Herrens eige land, der Herrens bustad står, og få dykk eigedom mellom oss! Men set dykk ikkje opp mot Herren og mot oss, med di de byggjer dykk eit altar attåt altaret åt Herren vår Gud. Kom ikkje Herrens harme over heile Israels-folket den gongen Akan Serahson fór med svik og tok av det som var bannlyst? Og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort. Då tok Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta til ords og sa til Israels ættehovdingar: Herren, den mektige Gud, ja, Herren, den mektige Gud, han veit det, og Israel skal vita det: Det var ikkje i trass og truløyse mot Herren vi bygde oss eit altar, og ikkje fordi vi ville venda oss bort frå Herren. Var det det, så gjev du ikkje må hjelpa oss i dag! Heller ikkje bygde vi det for å ofra brennoffer eller grødeoffer eller for å bera fram måltidsoffer på det. Var det så, då gjev at Herren må straffa oss for det! Men det var ein ting vi var redde då vi gjorde dette: Vi tenkte at borna dykkar ein gong kunne koma til å seia til våre born: «Kva har de med Herren, Israels Gud, å gjera? Har ikkje Herren sett Jordan til grense mellom oss og dykk, de Rubens- og Gads-søner! De har ingen del i Herren.» Såleis kunne borna dykkar få våre born til å halda opp med å ottast Herren. Difor sa vi: Lat oss gå i gang og byggja eit altar! Vi vil ikkje bera fram brennoffer og slaktoffer der. Men det skal vera eit vitne for oss og dykk og for dei ættene som kjem etter oss, om at vi vil tena Herren med brennoffera, slaktoffera og måltidsoffera våre. Så skal ikkje borna dykkar ein gong seia til våre born at dei ikkje har del i Herren. Vi tenkte at dersom dei nokon gong skulle seia så til oss eller etterkomarane våre, då vil vi svara: «Sjå på den etterlikninga av Herrens altar som fedrane våre har laga, ikkje til å ofra brennoffer og slaktoffer på, men til eit vitne for oss og for dykk.» Aldri kunne det falla oss inn at vi skulle setja oss opp mot Herren og venda oss bort frå han og byggja eit altar til brennoffer, grødeoffer og slaktoffer, attåt det altaret åt Herren vår Gud som står framfor bustaden hans. Då presten Pinhas og leiarane i folket og ættehovdingane i Israel som var med han, høyrde kva Rubens-sønene, Gads-sønene og Manasse-sønene sa, syntest dei godt om det. Og presten Pinhas, son til Elasar, sa til Rubens-sønene, Gads-sønene og Manasse-sønene: «No skjønar vi at Herren er midt imellom oss, sidan de ikkje har sett dykk opp mot han med dette. Dermed har de berga israelittane frå Herrens hand.» Så skildest presten Pinhas, son til Elasar, og dei andre leiarane med Rubens-sønene og Gads-sønene. Dei fór heim att frå Gilead til Kanaan og fortalde israelittane kva dei hadde høyrt. Og israelittane syntest godt om svaret. Dei lova Gud og tenkte ikkje meir på å gå til strid mot Rubens-sønene og Gads-sønene og øydeleggja det landet dei budde i. Rubens-sønene og Gads-sønene kalla altaret «Vitne»; dei sa: «Det skal vera eit vitne for oss om at Herren er Gud.» Så gjekk det ei lang tid etter at Herren hadde late Israel få ro for alle fiendar rundt ikring. Josva var gamal og langt oppi åra. Han kalla saman heile Israel, dei eldste, hovdingane, domarane og tilsynsmennene og sa til dei: No er eg gamal og langt oppi åra. De har sjølve sett alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga beint framfor augo dykkar. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk. Sjå, landet åt dei folka som enno er att her, har eg ved loddkasting gjeve dykk til odel og eige, og like eins landet åt alle dei folka som eg har rudt ut, frå Jordan til Storhavet i vest. Herren dykkar Gud skal sjølv jaga bort desse folka og driva dei ut for dykk, så de kan ta landet deira i eige, så som Herren dykkar Gud har lova. Så ver då sterke og faste! Legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka åt Moses. Vik aldri av frå det, korkje til høgre eller venstre! Gjev dykk ikkje i lag med desse folka, dei som enno er att hjå dykk. Ta ikkje namnet åt gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei! Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag. Difor har Herren drive store og sterke folkeslag ut for dykk, og ingen har til denne dag kunna stå seg mot dykk. Ein einaste av dykk kunne jaga tusen. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk, som han hadde lova. Så ta dykk vel i vare, så sant de har livet kjært, og elska Herren dykkar Gud! For vender de dykk bort frå han og held dykk til dei folkeslaga som enno er att hjå dykk, gifter born i hop og har anna samkvem med dei, då skal de vita at Herren dykkar Gud aldri vil driva desse folka ut for dykk. Men dei skal verta til ei snare og ei felle for dykk, til ei svepe over ryggen og til tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk. No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Kom då i hug og lat det aldri gå dykk or minne at ikkje eit einaste av alle dei gode orda som Herren har tala til dykk, har vorte om inkje. Alt gjekk som han hadde sagt; ikkje eit ord vart om inkje. Men liksom de har fått alt det gode som Herren dykkar Gud lova dykk, såleis skal Herren la alt det vonde han truga med, koma over dykk, til han har rudt dykk ut or dette gode landet som han har gjeve dykk. Bryt de pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, går de av og dyrkar andre gudar og kastar dykk ned for dei, då skal Herrens vreide loga mot dykk; og snart skal de måtta bort frå det gode landet han har gjeve dykk. Så samla Josva alle Israels-ættene i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, domarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds åsyn, og Josva tala til heile folket: Så seier Herren, Israels Gud: I gamle dagar budde fedrane dykkar, og mellom dei Tarah, far til Abraham og Nakor, på hi sida av Storelva, og dei dyrka framande gudar. Men eg henta Abraham, ættefar dykkar, frå landet bortanfor Storelva og førte han gjennom heile Kanaan. Eg gav han mange etterkomarar. Han fekk sonen Isak, og Isak fekk sønene Jakob og Esau. Esau lét eg få Se’ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans fór ned til Egypt. Sidan sende eg Moses og Aron. Eg slo egyptarane med dei plagene som eg sende mellom dei, og så førte eg dykk ut. Då eg hadde ført fedrane dykkar ut or Egypt, kom dei til Sevsjøen. Men egyptarane sette etter dei og kom til sjøen med vogner og hestfolk. Då ropa dei til Herren, og eg sende eit tett mørker mellom dykk og egyptarane. Eg lét sjøen slå saman over dei, og han gøymde dei. Med eigne augo såg de kva eg gjorde med egyptarane. Sidan var de lenge i øydemarka. Så førte eg dykk inn i landet åt amorittane, som budde austanfor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav dei i dykkar hand, så de kunne ta landet. Eg rudde dei ut for dykk. Kongen i Moab, Balak Sipporsson, gjekk til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam Beorsson og bad han forbanna dykk. Men eg ville ikkje høyra på Bileam, og han laut velsigna dykk. Såleis berga eg dykk frå Balak. Sidan gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Og Jeriko-buane stridde mot dykk. Det same gjorde amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei i dykkar hand. Eg sende redsle og rådløyse føre dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge. Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt strev med, byar som de ikkje hadde bygt, men som de fekk bu i, vintre og oliventre som de ikkje hadde planta, men fekk nyta frukta av. Så ha då age for Herren, og ten han ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på hi sida av Storelva og i Egypt, og ten Herren! Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren. Då svara folket: «Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar. For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut or Egypt, or trælehuset. Han gjorde desse store teikna for augo våre. Og sidan vakta han oss på heile den lange ferda og verna oss mellom folket i alle dei landa vi laut fara igjennom. Herren dreiv bort alle desse folka, og like eins amorittane, som budde her i landet før oss. Vi òg vil tena Herren; for han er vår Gud.» Då sa Josva til folket: «De maktar ikkje å tena Herren; for han er ein heilag Gud. Han er ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar. Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.» Folket svara: «Nei! Herren vil vi tena.» Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Ja, vi er vitne.» Josva sa: «Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!» Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda.» Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og sette lov og rett for dei. Han skreiv opp desse orda i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der under eika som står attmed Herrens heilagdom. Og Josva sa til heile folket: «Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss; for han har høyrt kvart ord som Herren tala til oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje gløymer dykkar Gud.» Så lét Josva folket fara, kvar til sin eigedom. Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal. Dei gravla han på hans eigen heimstad, i Timnat-Serah, som ligg i Efraims-fjella, nordanfor Ga’asj-fjellet. Israelittane tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei endå var i live, dei gamle som levde lenger enn Josva, og som kjende til alle dei storverk Herren hadde gjort mot Israel. Beina åt Josef, som israelittane hadde ført med seg frå Egypt, gravla dei attmed Sikem, på det jordstykket som Jakob hadde kjøpt for hundre kesittar av sønene til Hamor, far til Sikem, og som Josefs-sønene hadde fått til odel og eige. Då Elasar, son til Aron, døydde, gravla dei han i Gibea, den byen som Pinhas, son hans, hadde fått i Efraims-fjella. Då Josva var borte, spurde israelittane Herren: «Kven av oss skal fyrst fara ut og strida mot kanaanearane?» Herren svara: «Juda skal fara fyrst. Eg gjev landet i hans hender.» Då sa Juda til Simeon, bror sin: «Ver med meg til den landsdelen eg skal ha, og lat oss strida saman mot kanaanearane! Så skal eg vera med deg til den landsdelen du skal ha.» Og Simeon gjekk med han. Så tok Juda ut, og Herren gav kanaanearane og perisittane i hendene deira; dei slo dei ved Besek og felte ti tusen mann. Der møtte dei Adoni-Besek, og dei stridde mot han og slo kanaanearane og perisittane. Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, tok han og hogg av han tommelfingrane og stortærne. Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No har Gud gjeve meg løn for det eg gjorde.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han. Juda-sønene gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei øydde han med odd og egg og sette eld på husa. Sidan fór Juda-sønene ned og stridde mot kanaanearane som budde i fjellbygdene, i Negev og i Sjefela. Fyrst gjekk dei mot kanaanearane i Hebron, som før i tida heitte Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Akiman og Talmai. Så gjekk dei mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer. Då sa Kaleb: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.» Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen og fekk Aksa til kone. Då ho skulle flytta heim til han, eggja ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Som ho hoppa ned av eselet, spurde Kaleb henne: «Kva er det du vil?» Ho svara: «Lat meg få ei avskilsgåve! Når du har gift meg bort til dette turre Negev-landet, får du gje meg vasskjelder òg.» Så gav Kaleb henne Øvrekjelda og Nedrekjelda. Etterkomarane etter kenitten Hobab, verbror til Moses, fór med Juda-sønene opp frå Palmebyen til Juda-øydemarka sør for Arad og vart buande saman med folket der. Juda gjekk med Simeon, bror sin, og dei vann over kanaanearane som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor kalla dei han Horma. Så tok Juda Gasa, Asjkalon og Ekron med alt landet som låg til dei byane. Herren var med Juda, og dei la under seg fjellbygdene. Men folket som budde på sletta, greidde dei ikkje å driva bort; for dei hadde jernvogner. Kaleb fekk Hebron, så som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tre Anak-sønene ut derifrå. Men Benjamins-sønene dreiv ikkje ut jebusittane, som budde i Jerusalem. Jebusittane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønene og har butt der til denne dag. Josefs-sønene tok òg ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei. Dei sende ut folk til å speida i Betel. Den byen heitte før i tida Lus. Speidarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen, og dei sa til han: «Syn oss kvar vi kan koma inn i byen, så skal vi spara deg.» Så synte han dei kvar dei kunne koma inn, og dei øydde byen med odd og egg. Men mannen og heile ætta hans lét dei fara sin veg. Han fór til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus; og det har han heitt til denne dag. Manasse dreiv ikkje ut folket i Bet-Sjean, Ta’anak, Dor, Jibleam og Megiddo og småbyane som låg der ikring. Kanaanearane greidde å halda seg der i landet. Då israelittane vart sterkare, tvinga dei kanaanearane til å arbeida for seg, men dei dreiv dei ikkje ut. Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande der mellom dei. Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom Sebulons-sønene, men dei laut gjera trælearbeid. Asjer dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og Sidon, i Aklab, Aksib, Helba, Afik og Rehob. Asjers-sønene busette seg mellom dei kanaanearane som heldt til i landet; for dei greidde ikkje å driva dei ut. Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg mellom kanaanearane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Sjemesj og Bet-Anat laut træla for dei. Amorittane trengde Dans-sønene opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta. Amorittane greidde å halda seg i Har-Heres, Ajjalon og Sja’albim. Men sidan fekk Josefs-ætta overtaket og nøydde dei til å træla for seg. Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skaret og oppetter frå Sela. Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk. Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det? No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle. Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket. Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren. Då Josva hadde bede farvel med folket, fór israelittane kvar til sitt odelsland og skulle leggja det under seg. Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle var til, dei som hadde levt lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel. Så døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal. Dei gravla han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres, i Efraims-fjella, nord for Ga’asj-fjellet. Snart fór heile denne ættleden til fedrane sine. Og den nye ætta som voks opp, kjende ikkje Herren og visste ikkje kva han hadde gjort for Israel. Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane og vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut or Egypt. Dei heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolka. Dei bøygde seg for dei og tilbad dei og harma såleis Herren. Dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bileta. Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei. Han gav dei i hendene på uvenene deira rundt om, og dei kunne ikkje stå seg mot fiendane. Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei. Difor gjekk det dei ille, som Herren hadde sagt, og som han hadde svore. Og dei kom i stor naud. Då lét Herren domarar stå fram, som berga dei frå røvarane. Men dei lydde ikkje domarane sine heller. Trulause som dei var, heldt dei seg til andre gudar, bøygde seg for dei og tilbad dei, og snart veik dei av frå den vegen som fedrane deira hadde fylgt. For fedrane lydde Herrens bod, men det gjorde ikkje dei. Kvar gong Herren lét ein domar stå fram mellom dei, var Herren med han og berga folket frå fiendane deira så lenge domaren levde. For Herren ynkast over dei når dei sukka og stunde fordi dei vart trælka og kua. Men ikkje før var domaren borte, så bar dei seg atter ille åt, endå verre enn fedrane. Dei heldt seg til andre gudar, tente dei og tilbad dei, og dei gav ikkje opp sine vonde gjerningar og si trassige ferd. Då vart Herren brennande harm på Israel og sa: «Fordi dette folket har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira, og ikkje lydt etter orda mine, så vil heller ikkje eg hjelpa dei og driva ut noko av dei folka som Josva lét vera att då han døydde. For med dei vil eg prøva Israel og sjå om dei held seg til Herrens vegar og går på dei, som fedrane deira gjorde, eller ikkje.» Så lét Herren desse folka vera. Han dreiv dei ikkje straks ut og gav dei ikkje i Josvas hand. Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att, og som han ville bruka til å setja Israel på prøve, alle som ikkje hadde vore med i nokon av krigane om Kanaan. Han gjorde det berre for å læra dei komande Israels-ættene korleis dei skulle strida, sidan dei ikkje hadde vore med før: Det var dei fem filistarfyrstane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde på Libanon-fjella, frå Ba’al-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat. Dei var det Israel skulle prøvast med, så det kunne syna seg om dei ville lyda dei bod som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses. Så budde no israelittane midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane. Dei tok døtrene deira til koner og gav døtrene sine til sønene deira og dyrka gudane deira. Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens augo. Dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta. Då vart Herren brennande harm på israelittane. Han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Mesopotamia, og dei laut tena han i åtte år. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein bergingsmann stå fram i Israel og fria dei ut. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb. Herrens Ande kom over han, og han vart domar i Israel. Han drog ut i striden, og Herren gav kongen i Mesopotamia, Kusjan-Risjatajim, i hendene hans, så han vann over han. Sidan hadde landet fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas. Israelittane heldt fram med å gjera det som vondt var i Herrens augo. Då gav Herren Eglon, kongen i Moab, makt over dei, fordi dei gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fekk med seg ammonittane og amalekittane. Så drog han ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen. Israelittane laut tena Eglon, Moab-kongen, i atten år. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein bergingsmann stå fram imellom dei. Det var Ehud Gerason av Benjamins-ætta, ein keivhendt mann. Israelittane sende ein gong Ehud med gåver til Eglon, kongen i Moab. Då laga han seg eit tvieggja sverd som var ei alen langt, og spente det på seg under kleda, på høgre sida. Så førte han gåvene fram for Eglon, Moab-kongen, som var ein svært tjukk mann. Då Ehud hadde gjeve frå seg gåvene, lét han folka som hadde bore dei, fara heim. Men sjølv snudde han ved biletstøttene attmed Gilgal, fór attende og sa: «Eg har eit løyndarbod til deg, konge.» «Hysj!» sa kongen. Så gjekk dei ut, alle som stod kringom han. Som no kongen sat åleine i den svale takstova si, gjekk Ehud inn til han og sa: «Eg har eit ord til deg frå Gud.» Då reiste kongen seg frå stolen. I det same rette Ehud ut venstre handa, greip sverdet som han bar ved høgre sida, og rende det i livet på han, så skaftet fylgde bladet inn. Og feittet gjekk i hop kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans; det stakk ut på baksida. Så gjekk Ehud ut i svalgangen, lét att takstove-døra etter seg og låste henne. Då han hadde gått sin veg, kom tenarane til kongen. Og då dei såg at døra til takstova var låst, tenkte dei: «Han har vel eit ærend i det svale kammeret.» Dei venta til dei var reint skamfulle. Men då han ikkje opna døra til takstova, tok dei nykelen og låste opp. Då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet. Medan tenarane venta, slapp Ehud unna. Han fór framom biletstøttene og nådde Se’ira. Då han kom til Efraims-fjella, bles han i hornet. Og israelittane fylgde han ned frå fjellet; sjølv gjekk han føre dei. «Skunda dykk etter meg!» sa han til dei. «For Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i hendene dykkar.» Så fylgde dei han ned og tok vadestadene over Jordan og stengde dei for moabittane. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over. Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle sterke og djerve menn; ikkje ein kom seg unna. Den dagen laut Moab bøya seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtti år. Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistarane med piggstaven åt ein oksedrivar. Han òg berga Israel. Då Ehud var borte, gjorde israelittane atter det som vondt var i Herrens augo. Då gav Herren dei i hendene på Jabin, kanaanearkongen som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han budde i Harosjet-Haggojim. Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han fór hardt fram mot israelittane i tjue år. På den tid var Debora, kona til Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinne og sat ofte under det palmetreet som vart heitande Debora-palma, mellom Rama og Betel i Efraims-fjella. Og israelittane kom til henne for å få dom i rettssaker. Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, seier til deg: Ta ut og gå opp på Tabor-fjellet! Og ha med deg ti tusen mann av Naftali- og Sebulons-sønene! Så skal eg dra Sisera, hærføraren til Jabin, med vognene og heile hæren hans bort til deg, til Kisjon-bekken, og gje han i di hand.» Då svara Barak: «Går du med, går eg òg. Går du ikkje med, går ikkje eg heller.» Debora sa: «Visst går eg med. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren skal gje Sisera i kvinnehand.» Så budde ho seg og vart med Barak til Kedesj. Og Barak kalla Sebulons- og Naftali-ættene saman i Kedesj. Ti tusen mann fylgde han, og Debora var med. Den gongen hadde Heber, ein av kenittane, som var ætta frå Hobab, verbror til Moses, skilt lag med ætta si. Han hadde flytt telta sine til Sa’anannim-eika, som står nær Kedesj. Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren opp på Tabor-fjellet, samla han alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og alt det folket han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-bekken. Då sa Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg i striden.» Så fór Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han. Herren sette støkk i Sisera og gjorde at stridsvognene og heile hæren hans kom i røre, så dei ikkje kunne stå seg for Barak. Då sprang Sisera ned av vogna og rømde til fots. Men Barak sette etter vognene og hæren radt til Harosjet-Haggojim, og heile hæren til Sisera fall i striden. Det vart ikkje att ein einaste mann. Sisera sjølv rømde og kom til teltet åt Jael, kona til kenitten Heber. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og ætta til Heber. Jael gjekk ut imot Sisera og sa: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du treng ikkje vera redd!» Då gjekk han inn i teltet til henne, og ho gøymde han under eit åkle. Så sa han: «Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er så tyrst.» Ho opna ei mjølkeflaske, lét han få drikka og breidde på han att. Då sa han til henne: «Stå i teltdøra, og kjem det einkvan og spør om det er nokon her, så svar: Nei!» Då tok Jael, kona til Heber, ein teltplugg og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handa. Og medan han, trøytt som han var, låg i djupaste svevnen, slo ho teltpluggen gjennom tinningen hans, så han gjekk ned i jorda. Såleis døydde Sisera. I same belet kom Barak, som forfylgde Sisera. Jael gjekk ut imot han og sa: «Kom, så skal eg syna deg den mannen du leitar etter.» Han gjekk med henne inn, og då fekk han sjå Sisera liggja der livlaus med teltpluggen gjennom tinningen. Den dagen bøygde Gud Jabin, kanaanearkongen, i kne for israelittane. Og herredømet deira vart meir og meir tyngjande for Jabin, til dei reint gjorde ende på han. Den dagen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet: Israels hovdingar ¬budde seg til strid, og folket møtte viljug fram. Lova Herren! Høyr, de kongar! ¬Lyd etter, de hovdingar! Eg vil syngja for Herren, syngja og spela for Israels Gud. Herre, då du gjekk ut frå Se’ir, då du skreid fram ¬frå Edoms-marka, då riste jorda, ¬og himmelen draup, vatnet strøymde frå skyene. Fjella skalv for Herren, ja, Sinai skalv for Herren, ¬Israels Gud. I Sjamgars, Anat-sonens, dagar, i Jaels tid, låg vegane aude. Ferdafolk laut fara ¬utanfor allfarveg. Det fanst ingen førar i Israel før eg, Debora, stod fram, før eg stod fram, ei mor i Israel. Dei valde seg nye gudar. Då stod det strid i portane. Men kvar såg ein skjold og spyd hjå dei førti tusen i Israel? Mitt hjarta bankar ¬for Israels hovdingar, for folket som viljug møtte fram. Lova Herren! Tenk etter, ¬de som rid på blakke esel, de som sit på dyre teppe, og de som vandrar etter vegen. Høyr kor dei jublar, dei som deler hærfang ¬attmed brunnane. Der prisar dei ¬Herrens rettferdsverk, hans frelsesverk ¬mot folket i Israel. Då steig Herrens folk ¬ned til portane. Vakna, Debora, vakna! Vakna, røysta i og kved! Reis deg, Barak! Før fangane bort, ¬du Abinoamsson! Då drog dei ned til hovdingane, dei som var att; Herrens folk ¬drog ned til meg som heltar. Frå Efraim steig dei ned i dalen, så kom Benjamin ¬mellom dine ætter. Frå Makir steig hovdingar ned; frå Sebulon kom menn ¬med førarstav. Hovdingar frå Jissakar ¬fylgde Debora; Jissakar kom, ¬og Barak var med; i hans fotefar fylgde dei ¬ned i dalen. Attmed bekkene i Ruben heldt dei lange rådleggingar. Kvi vart du sitjande ¬mellom kløvkorgene, lydande på hjuring-fløyter? Attmed bekkene i Ruben heldt dei lange rådleggingar. Gilead heldt seg i ro på den andre sida av Jordan. Og Dan, ¬kvi drygde han attmed skipa? Asjer som budde ¬utmed havsens strand, inni vikane heldt han seg i ro. Men Sebulon var eit folk ¬som våga livet; det same gjorde Naftali på høgdene der striden stod. Kongar kom og stridde, ja, Kanaans kongar stridde ved Ta’anak, ¬attmed Megiddo-bekken; men dei tok ikkje sølv ¬til hærfang. Stjernene stridde ¬frå himmelen, frå sine baner ¬stridde dei mot Sisera. Kisjon-bekken ¬reiv fienden bort, den eldgamle Kisjon-bekken. Skrid fram, mi sjel, med kraft! Hardt slo hovane i marka, hestane fór i strykande tan. «Forbanna Meros!» ¬sa Herrens engel. «Forbanna, ja forbanna ¬dei som bur der! For dei kom ikkje Herren ¬til hjelp, dei kom ikkje Herren til hjelp ¬med stridsmenn!» Velsigna framom andre kvinner ¬vere Jael, kona til kenitten Heber. Velsigna vere ho framom alle kvinner ¬som bur i telt. Sisera bad om vatn; ho gav han mjølk, rjome baud ho han ¬i ei storfelt skål. Med venstre handa ¬treiv ho ein teltplugg, med den høgre ein hamar! Så slo ho til Sisera ¬og knuste hans hovud, dreiv pluggen inn ¬og kløyvde hans skalle. For føtene hennar seig han ned, han stupte og vart liggjande. For føtene hennar seig han ned, og der han seig ned, låg han felt. Mor til Sisera ¬ser ut gjennom glaset; ho stirer ut gjennom gluggen ¬og ropar: «Kva ventar vogna hans etter? Kvi dryer tråvarane hans?» Dei klokaste fruene hennar ¬svarar, og ho tek det opp att ¬gong på gong: «Visst finn dei hærfang å skifta: Ei jente eller to til manns, hærfang av fargerikt ty ¬til Sisera, hærfang av fargerikt ty, eit klede eller to ¬med gilde fargar, til å ha om halsen.» Såleis skal dei gå til grunne, alle dine fiendar, Herre. Men dei som elskar deg, skal vera som sola når ho renn i sitt velde. Sidan hadde landet fred i førti år. Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens augo. Då gav han dei i hendene på midjanittane, og i sju år hadde dei makta over Israel. Til vern mot Midjan stelte israelittane til dei gøymestadene som finst oppi fjella, både holer og fjellborger. Kvar gong israelittane hadde sått, kom midjanittane og amalekittane og andre folk i aust og tok på dei. Dei leira seg midt imot dei og øydde grøda i landet heilt bort til Gasa. Dei leivde ikkje eit matagrann i Israel, og ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel. Dei kom dragande med buskap og telt så tett som grashopper. Det var ikkje tal på dei og kamelane deira, og kvar dei kom, la dei landet i øyde. Israel vart reint utarma av herjingane deira, og israelittane ropa til Herren. Då dei ropa til Herren fordi midjanittane plaga dei, sende Herren ein profet til dei, og han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt; eg henta dykk ut or trælehuset. Eg fria dykk frå egyptarane og frå alle som var harde med dykk; eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira. Og eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje ottast gudane åt amorittane, som åtte det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg. Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, der Joasj av Abieser-ætta rådde. Gideon, son til Joasj, stod og treskte noko kveite i vinpressa, så han kunne berga kornet frå midjanittane. Og Herrens engel synte seg for han og sa: «Herren er med deg, du djerve kjempe.» Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.» Då snudde Herren seg til han og sa: «Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?» Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Korleis kan eg berga Israel? Ætta mi er den minste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset åt far min.» Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane til siste mann.» Gideon sa: «Har du godvilje for meg, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg. Kjære, gå ikkje herifrå før eg kjem att med ei offergåve og legg henne fram for deg.» Herren svara: «Eg skal bia til du kjem att.» Så gjekk Gideon inn og stelte til eit kje, tok ein efa mjøl og baka usyrt brød. Kjøtet la han i ei korg og soddet hadde han i ei krukke. Så bar han det ut til Guds engel under eika og sette det fram for han. Då sa engelen til han: «Ta kjøtet og det usyrte brødet, legg det på dette berget og slå soddet utover!» Han gjorde det. Så rette Herrens engel ut staven som han hadde i handa, og stakk borti kjøtet og det usyrte brødet. Då slo det eld opp or berget og øydde kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for augo hans. Då Gideon skjøna at det var Herrens engel han hadde sett, ropa han: «Å, Herre Gud, eg har sett Herrens engel åsyn til åsyn!» Men Herren sa til han: «Fred vere med deg! Ver ikkje redd, du skal ikkje døy!» Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det «Herren er fred». Den dag i dag står det altaret i Ofra, som høyrer Abieser-ætta til. Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ein av oksane åt far din og ein annan okse, som er sju år gamal! Riv ned Ba’al-altaret åt far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det. Så skal du byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festningsborga og leggja alt til rettes. Ta så den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen, som du har hogge ned.» Gideon tok med seg ti av trælane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han torde ikkje gjera det om dagen; han var redd folket sitt og mennene i byen; difor gjorde han det om natta. Då mennene i byen stod opp om morgonen, fekk dei sjå at Ba’al-altaret var nedrive, og at Asjera-pålen som stod der, var felt, og at oksen var ofra på det nybygde altaret. Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei spurde seg føre og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det. Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy fordi han har rive ned Ba’al-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.» Men Joasj sa til alle dei som stod kringom han: «Vil de strida for Ba’al? Vil de hjelpa han? Den som strider for Ba’al, skal lata livet før det ljosnar av dag. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv, sidan dei har rive ned altaret hans.» Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba’al, for dei sa: «Lat Ba’al strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans.» No hadde alle midjanittane, amalekittane og andre folk i aust samla seg. Dei sette over Jordan og leira seg på Jisre’el-sletta. Då kom Herrens Ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-ætta samla seg og fylgde han. Så sende han bod ut i heile Manasse, og dei samla seg og fylgde han. Og til Asjer og Sebulon og Naftali sende han bod; dei òg kom og gav seg i lag med Manasse-mennene. Då sa Gideon til Gud: «Er det så at du vil bruka meg til å berga Israel, som du har sagt, så høyr: No legg eg denne nyklypte ulla på treskjevollen. Kjem det så dogg på ulla medan heile marka er turr, då veit eg at du vil bruka meg til å berga Israel, som du har sagt.» Og så vart det. For då Gideon stod opp morgonen etter og klemde i hop ulla, vreid han så mykje dogg ut or henne at det vart ei heil skål full med vatn. Då sa han til Gud: «Ver ikkje vond på meg om eg talar endå ein gong. Eg ville så gjerne få gjera ei prøve til med ulla. Lat ulla vera turr medan heile marka er dogga.» Og natta etter gjorde Gud som han bad: Ulla heldt seg turr, men heile marka var doggvåt. Jerubba’al, det er Gideon, tok ut tidleg om morgonen med alle mennene sine. Han leira seg attmed Harod-kjelda såleis at han hadde midjanitthæren nord for More-haugen, nede på sletta. Då sa Herren til Gideon: «Du har for mykje folk med deg. Eg vil ikkje gje midjanittane i hendene på så mange; elles kunne Israel briska seg mot meg og seia: Det er mi eiga hand som har berga meg! Rop no ut for folket: Den som er redd og fælen, kan snu og fara heim att frå Gilead-fjellet.» Då var det tjueto tusen mann som fór heim, og ti tusen vart att. Men Herren sa til Gideon: «Du har enno for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Dei eg seier skal vera med deg, dei skal du ta med deg; og dei eg seier ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje ta med deg.» Så lét Gideon folket gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.» Dei som førte vatnet til munnen med handa og lepja, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk av vatnet. Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre mennene som lepja, vil eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i hendene dine. Alle dei andre kan fara heim att.» Så tok dei med seg maten åt folket og horna deira. Og Gideon lét alle dei andre israelittane fara heim, så nær som dei tre hundre; dei hadde han hjå seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen. Då det vart natt, sa Herren til Gideon: «Gjer deg ferdig og far ned til leiren! Eg gjev han i dine hender. Er du redd, så gå fyrst ned med Pura, tenaren din! Høyr på det dei seier, og du kjem til å kjenna deg sterk nok til å ta på leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til forpostane utanfor leiren. Midjanittane og amalekittane og dei som høyrde ættene frå aust til, låg nede i dalen så tett som grashopper, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sanden på havsens strand. Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde sidemannen sin ein draum. Han sa: «No skal du høyra kva eg har drøymt: Eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram til eit telt, støytte det mot teltet og velte det, så det vart liggjande.» Då svara hin: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet åt Gideon Joasjson, israelitten. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.» Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad Gud. Han gjekk attende til Israels-leiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanitthæren i hendene dykkar.» Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle horn og tome krukker i hendene og faklar til å ha inni krukkene. Og han sa til dei: «Sjå på meg, og gjer de like eins! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera som eg. Når eg og alle dei som er med meg, blæs i horn, skal de òg blåsa i horn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!» Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i horna og knuste krukkene som dei hadde med seg. Alle tre flokkane bles i horn og knuste krukkene sine. I venstre handa heldt dei faklane, og i høgre handa hadde dei horna som dei bles i. Og dei ropa: «Dra sverdet for Herren og for Gideon!» Men dei vart ståande kvar på sin plass rundt ikring leiren. Då tok alle som var i leiren, til å renna att og fram. Og ropande rømde dei. Og Herren laga det så at då dei høyrde ljomen av dei tre hundre horna, vende dei sverda sine mot kvarandre alle som i leiren var. Hæren rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat. Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane. Over heile Efraims-fjellet sende Gideon bodberarar som skulle seia: «Far ned og møt midjanittane, og steng dei ute frå elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan!» Kvar einaste mann i Efraim fekk bod om å møta, og dei stengde vegen til elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan. Dei fanga to av midjanitthovdingane, Oreb og Se’eb. Oreb drap dei på Orebs-berget, og Se’eb ved Se’ebs-pressa, og så sette dei etter midjanittane. Hovuda av Oreb og Se’eb tok dei med til Gideon på hi sida av Jordan. Mennene frå Efraim sa til Gideon: «Korleis er det du har fare åt mot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanittane?» Og dei gjekk hardt inn på han. Men han sa til dei: «Kva har eg gjort som kan liknast med det de gjorde? Er ikkje etterraksteren åt Efraim betre enn avlinga åt Abieser? Gud har gjeve midjanitthovdingane Oreb og Se’eb i dykkar hender. Kva har eg greitt å gjera som kan mæla seg med det?» Då han tala så, roa dei seg og var ikkje vonde på han lenger. Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Og dei var trøytte, så hardt som dei hadde jaga fienden. Då sa han til mennene i Sukkot: «Kjære, gjev folket som fylgjer meg, nokre brød; for dei er trøytte. Eg held på og jagar Sebah og Salmunna, kongane åt midjanittane.» Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din mat?» Då sa Gideon: «Godt, når Herren har gjeve Sebah og Salmunna i hendene mine, skal eg treskja dykk med villtornar og tistlar.» Så fór han opp til Penuel og tala like eins til folket der. Men dei svara han på same vis som Sukkot-mennene hadde gjort. Då sa han til dei òg: «Når eg kjem vel heim att, skal eg riva ned denne borga.» Sebah og Salmunna låg i Karkor med hærane sine, om lag femten tusen mann. Det var alt som var att av den store austmannahæren; hundre og tjue tusen våpenføre menn var falne. Gideon fór oppetter Teltbuarvegen austanfor Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren. Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei. Han tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange og skræmde heile hæren på flòg. Då Gideon Joasjson vende heim att frå striden og kom oppetter Heres-bakken, fekk han tak i ein ung gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann. Då han så kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine mat?» Så greip han dei eldste i byen, og han tok villtornar og tistlar og tukta mennene i Sukkot med dei. Borga i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel. Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg; begge såg ut som kongssøner.» Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever: Hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.» Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje; for han var berre ein unggut endå. Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen. Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din; for du har berga oss frå midjanittane.» Men Gideon svara: «Ikkje vil eg rå over dykk og ikkje son min heller. Herren skal rå over dykk.» Sidan sa Gideon til dei: «Eg har ei bøn til dykk: at de alle vil gje meg dei ringane de har vunne i krigen.» For midjanittane gjekk med gullringar; dei var ismaelittar. Dei svara: «Det skal du så visst få.» Så breidde dei ut ei kappe, og på den kasta dei alle ringane dei hadde vunne i krigen. Då han vog gullringane som han hadde bede om, var det eitt tusen sju hundre sekel gull, forutan halvmånane, øyreringane og purpurkleda som Midjan-kongane hadde hatt på seg, og lekkjene som kamelane deira hadde bore kring halsen. Av gullet gjorde Gideon ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin; der dyrka alle israelittane han som ein avgud. Og han vart til ei snare for Gideon og hans hus. Såleis laut midjanittane bøya seg under israelittane, og dei vann ikkje reisa seg meir. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde. Så fór Jerubba’al Joasjson heim att til garden sin og vart buande der. Gideon hadde sytti søner som alle var hans eigne born; for han hadde mange koner. Med fylgjekona si i Sikem fekk han òg ein son og kalla han Abimelek. Gideon Joasjson døydde i høg alder og vart lagd i grava åt Joasj, far sin, i Ofra, heimstaden åt Abieser-ætta. Då Gideon var borte, var israelittane atter trulause og heldt seg til Ba’al-gudane. Dei gjorde Ba’al-Berit til sin gud. Israelittane tenkte ikkje på Herren sin Gud, som hadde berga dei frå alle fiendar rundt ikring. Og dei gjorde ikkje vel mot ætta åt Jerubba’al, Gideon, for alt det gode han hadde gjort mot Israel. Abimelek, son til Jerubba’al, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med alt morfolket sitt og sa: «Kjære, tala no så alle mennene i Sikem høyrer det, og spør dei: Kva er best for dykk, at sytti mann, alle sønene til Jerubba’al, rår over dykk, eller at berre ein mann har råderetten? Og kom så i hug at vi er same folket.» Då tala morbrørne om han til alle mennene i Sikem og la alt fram for dei. Og hugen drog dei til Abimelek. «Han er ein av våre,» sa dei. Så gav dei han sytti sekel av tempelskatten åt Ba’al-Berit. For dei leigde Abimelek nokre lause og uvørdne karar, og dei fylgde han. Så fór han til huset åt far sin i Ofra og drap brørne sine, sønene til Jerubba’al, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubba’al, vart att; for han hadde gøymt seg. Då samla dei seg, alle mennene i Sikem og alle som var i by-borga. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, under eika der minnesteinen i Sikem står. Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Der stod han og ropa til dei: Høyr på meg, de Sikems-menner, så skal Gud høyra på dykk! Det var ein gong at trea ville salva seg ein konge. Dei sa til oliventreet: «Du skal vera kongen vår.» Men oliventreet svara: «Skulle eg gje avkall ¬på oljen min, som gudar og menneske ¬ærar meg for, og gje meg til å svaga ¬over skogen?» Då sa dei til fikentreet: «Kom du og ver kongen vår!» Fikentreet svara: «Skulle eg gje avkall ¬på mi søte, gode frukt og gje meg til å svaga ¬over skogen?» Så sa dei til vintreet: «Kom du og ver kongen vår!» Vintreet svara: «Skulle eg gje avkall ¬på safta mi, som gjer gudar og menneske ¬glade, og gje meg til å svaga ¬over skogen?» Då sa alle trea til klungeren: «Kom du og ver kongen vår!» Klungeren svara: «Er det alvor at de vil salva meg til konge, så kom og svala dykk ¬i skuggen min! Men er det ikkje, skal det fara eld ¬ut frå klungeren, og han skal øyda ¬sedrane på Libanon.» Har de fare ærleg og trufast fram når de no har teke Abimelek til konge? Har de gjort vel mot Jerubba’al og ætta hans og lønt far min for det han gjorde då han stridde for dykk og våga livet og berga dykk frå midjanittane? I dag har de reist dykk mot ætta åt far min og drepe sønene hans, sytti mann på éin stein, og så har de gjort Abimelek, son åt trælkvinna hans, til konge over borgarane i Sikem, fordi han er frenden dykkar. Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubba’al og ætta hans, så gjev de må få glede av Abimelek, og gjev han må få glede av dykk! Men har de ikkje det, skal det fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-mennene og dei som bur i borga. Og eld skal fara ut frå Sikems-mennene og dei som bur i borga, og tyna Abimelek. Så rømde Jotam og kom seg unna. Han fór til Be’er; og der slo han seg ned, så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå i han. I tre år styrte Abimelek i Israel. Då sende Gud ei vond ånd som vekte strid mellom Abimelek og Sikems-mennene, og dei sveik Abimelek. Dette hende for at same valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene åt Jerubba’al då dei miste livet, skulle koma både over Abimelek, frenden deira, som hadde drepe dei, og over Sikems-mennene, som stødde han så han kunne drepa brørne sine. Sikems-mennene la folk i bakhald på fjelltindane for å halda auga med Abimelek, og dei rana alle som fór framom dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita. På den tid kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flytte inn i Sikem, og folket der sette si lit til han. Dei gjekk ut på marka og hausta vingardane sine, pressa druene og heldt fest og var glade. Så gjekk dei inn i templet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek. Då sa Ga’al Ebedsson: «Er Abimelek slik mann og Sikems-buane slike folk at vi skulle vera trælane hans? Er han ikkje son til Jerubba’al, og Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som er ætta frå Hamor, far til Sikem! Men kvifor skulle vi træla under denne mannen? Gjev eg hadde dette folket i mi makt, så skulle eg nok få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auka hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!» Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han brennande harm. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem og øser opp byen mot deg. Ta no i veg om natta med det folket du har hjå deg, og legg deg i bakhald ute på marka! Når det dagast, og sola sprett, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Ga’al og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du får høve til.» Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde hjå seg, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire flokkar. No bar det så til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i det belet då Abimelek og folket hans kom fram frå bakhaldet. Ga’al fekk auga på dei og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for folk.» Men Ga’al heldt på sitt og sa: «Jau, det kjem folk ned frå Midtfjellet, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.» Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Det var du som sa: Er Abimelek slik mann at vi skulle træla under han? Sjå, der er dei folka du vørde så lite. Dra no ut og strid imot dei!» Då drog Ga’al ut med Sikems-mennene og stridde mot Abimelek. Men Abimelek sette etter han og jaga han føre seg. Mange lét livet; det låg falne heilt bort til byporten. Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Ga’al og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem. Dagen etter skulle Sikems-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det, tok han og delte hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute på marka, og då han såg at folka kom ut or byen, sette han på dei og slo dei. Sjølv sprang han fram og stelte seg i byporten saman med den flokken som fylgde han, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned. Abimelek stridde mot byen heile dagen og tok han. Folket som var der, slo han i hel; byen reiv han ned og strøydde salt på tufta. Då mennene i Sikems-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellar-romet under El-Berit-templet. Så snart Abimelek fekk vita at alt folket i Sikems-borga hadde samla seg, gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Han tok ei øks i handa og hogg greiner av trea, tok dei opp og la dei på akslene og sa til folka sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg meg gjera.» Då hogg alle mennene kvar si bør med greiner og fylgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellar-romet og brende dei over hovudet på dei som var der. Såleis miste dei livet, alle som var i Sikems-borga, om lag tusen menn og kvinner. Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han. Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alt folket i byen, både menn og kvinner. Dei stengde etter seg og gjekk opp på taket. Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men då han kom innåt porten i tårnet og ville setja eld på han, var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet på han, så skallen vart knust. Abimelek ropa snøgt til våpensveinen sin: «Dra sverdet og drep meg, så det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» Då stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde. Då israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt. Såleis gav Gud Abimelek lika for det valdsverket han gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine. Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over dei sjølve. Dei fekk sanna den forbanninga som Jotam Jerubba’alsson hadde lyst over dei. Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua Dodoson av Jissakars-ætta, og budde i Sjamir på Efraims-fjellet. Han var domar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir. Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram. Han var domar i Israel i tjueto år. Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og åtte tretti teltbyar som enno i dag vert kalla Ja’irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet. Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon. Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta og gudane åt folket i Aram, Sidon, Moab, Ammon og Filistarlandet. Dei vende seg frå Herren og ville ikkje tena han. Då vart Herren brennande harm på israelittane, og han gav dei i hendene på filistarane og ammonittane. Alt same året knuste dei israelittane og kua dei. I atten år trælka dei alle israelittane som budde austanfor Jordan, i amorittlandet, i Gilead. Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til strid mot Juda, Benjamin og Efraim. Og israelittane kom i stor naud. Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Ba’al-gudane.» Herren svara: «Har eg ikkje berga dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane, filistarane, sidonarane, amalekittane og midjanittane? Då dei plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut or hendene deira. Men de vende dykk bort frå meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir. Gå og kalla på dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.» Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!» Så skilde dei seg av med dei framande gudane og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud. Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa. Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå fyrst i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.» Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei skjøkje, og Gilead var far hans. Med kona si hadde Gilead òg søner. Då dei vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår; for du er son til ei framand kvinne.» Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Og det samla seg mange lause karar om han og var med på ferdene hans. Ei tid etter byrja ammonittane krig mot Israel. Då dei gjekk til strid mot israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob. Dei sa til han: «Kom og ver føraren vår, så vil vi strida mot ammonittane.» Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?» Dei eldste svara: «Det er då difor vi kjem til deg att. Går du med oss og strider mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.» Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Får de meg til å fara heim og strida mot ammonittane, og Herren gjev dei i mi makt, så er det eg som skal vera hovdingen dykkar.» Dei eldste svara: «Herren skal vera vitne mellom oss og straffa oss om vi ikkje gjer som du seier.» Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead. Folket gjorde han til hovding og førar, og i Mispa tok han opp att alle orda sine for Herrens åsyn. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uteståande med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?» Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då israelittane kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!» Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen med dei orda: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå moabittane eller ammonittane. På vegen frå Egypt fór israelittane gjennom øydemarka til Sevsjøen, og dei kom til Kadesj. Då sende dei bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav israelittane seg til i Kadesj. Då dei sidan heldt fram gjennom øydemarka, fór dei utanom Edom og Moab. Dei drog nordetter aust for Moab og leira seg på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab. Så sende israelittane bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.» Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin. Dei leira seg ved Jahsa, og så gjekk han til strid mot Israel. Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane. Israel slo dei og la under seg landet åt dei amorittane som budde der. Heile amorittlandet la dei under seg, frå Arnon til Jabbok og frå øydemarka til Jordan. Såleis dreiv Herren, Israels Gud, amorittane bort og gav landet til Israel, folket sitt. Og no vil du ta det frå dei! Er det ikkje så at det som Kamosj, guden din, lèt deg vinna, det legg du under deg, og alt det som Herren vår Gud lèt oss vinna, det legg vi under oss? Er du så mykje betre enn Balak Sipporsson, moabittkongen? Gjekk han til strid mot Israel? Tok han på dei? No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der ikring, i Aroer og byane der ikring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida? Eg har ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett når du no tek på meg. Herren, som er domaren, skal i dag døma mellom israelittane og ammonittane. Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han. Då kom Herrens Ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse og heilt til Mispa i Gilead; derifrå drog han ut mot ammonittane. Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mi hand, så skal den fyrste som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga heim att frå striden med ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.» Så drog Jefta ut og stridde mot ammonittane, og Herren gav dei i hans makt. Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og alt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane laut bøya seg under israelittane. Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han korkje son eller dotter. Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.» Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, uvenene dine. Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til,» sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå ikring på fjella med veninnene mine og gråta over mitt unge liv, eg som lyt fara herifrå som møy.» «Gjer så!» sa faren, og lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret fordi ho laut døy så ung. Men då dei to månadene var lidne, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore sed i Israel at unge jenter, fire dagar om året, går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead. Mennene i Efraim samla seg til strid og drog nordetter. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville strida mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset du bur i.» Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei. Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk imot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no farande og vil slåst med meg?» Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er rømingar frå Efraim, de Gilead-folk. De høyrer heime i Efraim, men bur i Manasse.» Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han då nei, sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Men sa han «sibbolet», fordi han ikkje kunne seia ordet rett, så greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraims-ætta. Jefta frå Gilead var domar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead. Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem domar i Israel. Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti sonekoner henta han heim. Han styrte Israel i sju år. Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem. Etter han vart Elon frå Sebulon domar i Israel. Han styrte Israel i ti år. Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulons-landet. Etter han vart Abdon Hillelson frå Piraton domar i Israel. Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti eselfolar. Han styrte Israel i åtte år. Så døydde Abdon Hillelson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efraims-landet, på amalekittfjellet. Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Då lét Herren filistarane få makt over dei, og det varte i førti år. Det var ein mann av Dans-ætta som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born. Og Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal verta med barn og få ein son. Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For du skal verta med barn og få ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans; for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera opptaket til å berga Israel frå filistarane.» Så gjekk kona til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt. Han sa til meg: Du skal verta med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.» Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss korleis vi skal fara åt med det barnet som skal koma til verda.» Gud høyrde Manoahs bøn. Og Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne. Då sprang ho svint heim og fortalde det til mannen sin og sa: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.» Manoah reiste seg og fylgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja,» svara han. Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då bera oss åt med guten, og kva skal vi gjera med han?» Herrens engel svara: «Alt det eg nemnde for kona di, lyt ho akta seg for. Ho må ikkje nyta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har sagt henne, lyt ho halda seg etter.» Då sa Manoah til Herrens engel: «Kan du ikkje bia her eit bel, så vi får stella til eit kje for deg?» Men Herrens engel svara: «Om du får meg til å bia, så et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, så ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel. Difor sa han til han: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?» Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!» Så tok Manoah kjeet og grødeofferet og ofra det der på berget til Herren, han som gjer under. Medan Manoah og kona hans stod og såg på, hende det noko. Då logen steig opp frå altaret mot himmelen, fór Herrens engel opp i logen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans. Då skjøna Manoah at det var Herrens engel, og han sa til kona si: «No lyt vi døy, for vi har sett Gud.» Men ho svara: «Hadde Herren vilja drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer av oss, og vi hadde ikkje fått sjå og høyra alt dette.» Kona fekk ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han. Og Herrens Ande tok til å driva han medan han var i Dans-leiren mellom Sora og Esjta’ol. Ein gong bar det så til at Samson gjekk ned til Timna; og der fekk han sjå ei filistarjente. Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «Eg såg ei filistarjente i Timna,» sa han. «Henne må de festa til kone åt meg.» Foreldra sa til han: «Finst det ikkje ei jente hjå frendane dine eller i heile folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hjå dei uomskorne filistarane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du festa åt meg; for henne har eg kjær.» Foreldra hans skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistarane. Dei var det som rådde i Israel den gongen. Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei kom til vingardane utanfor byen, fór ei ung løve brølande imot han. Då kom Herrens Ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort. Så gjekk han ned og tala med jenta; og han lika henne framifrå godt. Ei tid etter fór han ned att og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein biesverm og honning i kroppen hennar. Han tok honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen. Då far hans kom ned til jenta, gjorde Samson eit gjestebod, som dei unge mennene hadde for vis. Og så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han. Ein dag sa Samson til dei: «Eg har ei gåte til dykk. Løyser de henne for meg innan dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti fine skjorter og tretti festkledningar. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.» Då sa han: «Av ein etar kom etande, av den sterke kom søtt.» Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta. Den fjerde dagen sa dei til brura: «No må du lokka mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å arma oss ut at du har bede oss hit?» Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du held ikkje av meg,» sa ho. «Du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje sagt meg korleis ho skal løysast.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far min og mor mi, skulle eg så seia det til deg!» Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane gjestebodet varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, av di ho plaga han så. Så løyste ho gåta for landsmennene sine. Og før sola gladde den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han: «Kva er søtare enn honning, kva er sterkare enn løva?» Samson svara: «Hadde de ikkje pløgt ¬med mi kvige, hadde de ikkje løyst mi gåte.» Då kom Herrens Ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til høgtidsklede. Og harm som han var, fór han heim att til far sin. Men kona hans vart gjeven til den av bruresveinane som hadde vore brureførar. Då det leid av ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i kammeret til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det. Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta den yngste systera i staden? Ho er då mykje venare.» Då sa Samson: «Denne gongen fører eg ikkje skuld over meg om eg gjer filistarane noko vondt.» Så gjekk han av og fanga tre hundre revar, fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar. Og han kveikte eld i faklane og sleppte revane inn på åkrane åt filistarane. Såleis brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, og like eins vingardane og olivenhagane. Filistarane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, versonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi verfaren tok kona hans og gav henne til bruresveinen.» Så fór filistarane opp og brende inne både kona og far hennar. Då sa Samson til dei: «Er det slik de fer åt, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemnt meg på dykk.» Og han slo dei så dei stupte i kross og krok, og det vart eit stort mannefall. Sidan fór han ned til Etam-juvet og gav seg til der. No kom filistarane opp i Juda og leira seg der; og dei spreidde seg utover i Leki. Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera like eins med han som han har gjort med oss.» Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistarane rår her i landet? Kvifor har du då gjort oss dette?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, så har eg gjort mot dei.» Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg i hendene på filistarane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil slå meg i hel.» Dei svara: «Nei, vi vil berre binda deg og gje deg i hendene deira; vi vil ikkje drepa deg.» Så batt dei han med to nye reip og førte han opp or juvet. Då Samson kom til Leki, sprang filistarane imot han med høge rop. Då kom Herrens Ande over han. Reipa om armane hans vart som brend tråd, og banda datt av hendene hans som om dei var morkna. Så fann han eit friskt kjakebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det. Då sa Samson: «Med eselkjaken slo eg dei i haugevis; med eselkjaken slo eg tusen mann.» Då han hadde sagt dette, kasta han kjakebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjakebeinhaugen. Men så vart Samson brennande tyrst, og han ropa til Herren: «Du har hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren. Skal eg no døy av torste og falla i hendene på dei uomskorne?» Då opna Gud den hola som er i Leki, og det rann vatn ut or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda; ho er enno i Leki. Samson var domar i Israel i tjue år. Det var i filistartida. Ein gong kom Samson til Gasa. Der fekk han sjå ei skjøkje, og han gjekk inn til henne. Då det spurdest mellom folket i Gasa at Samson var komen dit, ringa dei han inne og lurte på han attmed byporten heile natta. Men dei heldt seg i ro så lenge det var natt, og sa: «Vi ventar til det dagast; då skal vi slå han i hel.» Samson vart liggjande til midnatt; då stod han opp. Han tok tak i dei to dørene i byporten og dei to portstolpane, rykte dei opp saman med portbommen og la dei på akslene. Så bar han dei opp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron. Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen, som heitte Dalila. Då kom filistarfyrstane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sekel sølv.» Då sa Dalila til Samson: «Kjære, sei meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.» Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har turka, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.» Då kom filistarfyrstane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde turka. Dei batt ho han med, og i kammeret hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå. Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!» Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore bruka til noko, så veiknar eg og vert som eit anna menneske.» Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistarane er over deg, Samson!» I kammeret sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det tråd. Då sa Dalila til han: «Til dessa har du narra meg og loge for meg. Sei meg no korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med varpet i veven.» Ho så gjorde og feste det med pluggen. Så ropa ho: «Filistarane er over deg, Samson!» Då vakna han or svevnen og reiv ut både vevpluggen og varpet. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du har meg kjær når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.» Som ho tagg og bad dag etter dag og ikkje lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på mitt hovud; for eg har vore ein Guds nasirear alt frå mors liv. Vert eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneske.» Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter filistarfyrstane og sa: «Kom no opp! For denne gongen har han sagt meg heile sanninga.» Då kom filistarfyrstane opp til henne, og pengane hadde dei med seg. No svevde ho Samson i fanget sitt og ropa på ein mann som kom og raka av han dei sju hårflettene. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans fór frå han. «Filistarane er over deg, Samson!» ropa ho. Då vakna han or svevnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og gjera meg fri, som så mang ein gong før.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han. Filistarane tok Samson, stakk ut augo på han og førte han ned til Gasa. Der batt dei han med koparlekkjer, og så laut han sveiva handkverna i fangehuset. Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka. Filistarfyrstane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa: «Vår gud har gjeve Samson, uvenen vår, i våre hender.» Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa: «Vår gud har gjeve uvenen vår i våre hender, han som herja landet vårt og drap så mange av oss.» Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stelte han opp mellom stolpane. Då sa Samson til guten som leidde han: «Slepp meg! Lat meg få halda i dei stolpane som huset kviler på, og stø meg til dei.» Men huset var fullt av menn og kvinner, og alle filistarfyrstane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson. Då ropa Samson til Herren og sa: «Herre Gud, kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen, så eg får hemnt meg på filistarane for det eine av augo mine.» Så femnde han om dei to midtstolpane som huset kvilte på, og klemde dei innåt seg, ein med høgre og ein med venstre armen, og sa: «Lat meg få døy saman med filistarane!» Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over fyrstane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde. Brørne hans og alt skyldfolket kom ned og henta han. Dei førte han heim og la han i grava åt Manoah, far hans, mellom Sora og Esjta’ol. Då hadde han vore domar i Israel i tjue år. Mika heitte ein mann som budde i Efraims-fjella. Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sekel sølv som vart tekne frå deg – du lyste endå ei forbanning for den skuld medan eg høyrde på – dei pengane er hjå meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!» Då han gav dei elleve hundre sekel sølv attende til mor si, sa ho: «Desse pengane vier eg til Herren og gjev dei til son min, så han kan laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No skal du få dei att.» Så tok ho to hundre sekel av dei pengane som han kom med, og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika. Denne Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre husgudar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg. I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt. Det var ein ung mann av Juda-ætta som hadde slege seg ned der. Han var ein levitt frå Betlehem i Juda. Denne mannen hadde flytt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og ville finna seg ein bustad der det kunne høva. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraims-fjella. Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna meg ein stad der det kunne høva å setja bu.» Då sa Mika til han: «Gjev deg til her, og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sekel sølv for året og halda deg med mat og klede.» Og levitten vart med han inn. Han gjekk med på å vera hjå mannen og vart som ein av sønene hans. Mika sette den unge levitten til prest hjå seg, og han vart verande i huset hans Mika. Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.» I den tida fanst det ingen konge i Israel. Og med Dans-ætta hadde det seg så at dei leita etter eit odelsland som dei kunne busetja seg i. For dei hadde endå ikkje fått nokon lut av det landet som fall på Israels-ættene. Folket i Dans-ætta sende då ut fem mann av si ætt, djerve karar frå Sora og Esjta’ol. Dei skulle fara gjennom landet og gjera seg kjende med det. Og dei sa til dei: «Ta ut og sjå dykk vel om i landet!» Mennene kom til huset hans Mika i Efraims-fjella, og der vart dei om natta. For då dei fór frammed huset hans, kjende dei att røysta til den unge levitten. Så tok dei av frå vegen og spurde han: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis har du det?» Så fortalde han dei kva Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste,» sa han; «eg er prest hjå han.» Då sa dei til han: «Kjære, spør Gud for oss, så vi får vita om ho skal lukkast, den ferda vi er ute på.» Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auga med dykk på ferda.» Så fór dei sin veg, dei fem mennene, og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sutlaust på same vis som sidonarane: roleg og sutlaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Då mennene kom heim att, spurde frendane deira i Sora og Esjta’ol: «Kva tidender kjem de med?» Dei svara: «Kom, lat oss fara opp og ta på dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å fara til det landet og leggja det under dykk! Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje reddast nokon fare, og landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.» Så fór dei i vegen, seks hundre fullvæpna menn av Dans-ætta, frå Sora og Esjta’ol. Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dans-leiren heilt til denne dag. Han ligg vestanfor Kirjat-Jearim. Derifrå fór dei over Efraims-fjella og kom til huset hans Mika. Då tok dei til ords, dei fem mennene som hadde vore og speida i Lajisj-bygdene, og sa til frendane sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre husgudar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.» Så tok dei vegen dit og kom til huset hans Mika, der den unge levitten budde, og dei helsa på han. Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dans-ætta vart ståande i porten, gjekk dei fem mennene som hadde vore på speiding der i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok med seg det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene. Då dei fem gjekk inn i huset hans Mika og tok det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet, sa presten til dei: «Kva er det de gjer?» «Tei stilt!» svara dei. «Ikkje eit ord! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje mykje betre for deg å vera prest for ei ættgrein og ætt i Israel enn for ein huslyd?» Dette tykte presten vel om. Han tok efoden, husgudane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken. Så snudde dei og fór av garde. Og borna, buskapen og eignelutene sine hadde dei fremst i ferda. Dei var alt komne langt ifrå huset hans Mika før mennene i grannelaget fekk samla seg. Då dei nådde dei att og ropa på dei, snudde Dans-folka seg og sa til Mika: «Kva er tids, sidan du har samla folka dine?» Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva som er tids!» Då sa dei til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne bråhuga karar ryka på dykk og drepa både deg og dine.» Så fór dei sin veg, Dans-folka. Og då Mika såg at dei var han for sterke, snudde han om og fór heim att. Då Dans-folka hadde teke gudane som Mika hadde laga, og presten som var hjå han, drog dei mot Lajisj, mot eit folk som levde i fred og ro og ikkje reddast nokon fare. Folket hogg dei ned med sverd, og byen brende dei. Det var ingen som hjelpte; for dei budde langt frå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Byen låg i den dalen som høyrer Bet-Rehob til. Dans-folka bygde han opp att og busette seg der. Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son til Israel. Før heitte han Lajisj. Der sette dei opp det utskorne gudebiletet, og Jonatan, son til Gersjom, som var son til Moses, og etterkomarane hans var prestar for Dans-ætta heilt til den dagen då folket vart bortført frå landet. Det utskorne gudebiletet som Mika hadde laga, vart ståande hjå dei så lenge Guds hus var i Sjilo. I den tida då dei endå ikkje hadde nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætta som heldt til lengst bortpå Efraims-fjella. Han tok seg ei fylgjekone frå Betlehem i Juda. Men kona var utru mot han og fór ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader, kom mannen etter. Han ville tala vel med henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenestguten sin og eit par esel. Den unge kona leidde han inn i huset åt far sin, og då faren såg han, vart han glad og tok vel imot han. Verfar hans, far til den unge kona, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og han fekk vera der om natta. Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til den unge kona sa til verson sin: «Få deg fyrst ein bete mat å styrkja deg på, så kan de fara.» Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Og far til den unge kona sa til mannen: «Kjære, gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!» Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde verfaren han, så han gav seg og vart der om natta. Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Kjære, få deg fyrst litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to. Sidan ferda mannen seg til og ville fara med fylgjekona si og tenestguten. Men verfaren sa til han: «No lid det alt til kvelds og dagen hallar. Ver her i natt og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.» Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og fór frametter til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og fylgjekona var med han. Då dei kom bort imot Jebus, leid det langt på dag, og tenestguten sa til husbonden sin: «Kom, lat oss ta inn i jebusittbyen og vera der om natta!» Men husbonden svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea. Kom,» sa han til tenestguten, «lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane!» Så heldt dei fram, og då sola gladde, var dei tett ved Gibea i Benjamins-landet. Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus for natta. Ut på kvelden kom det ein gamal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraims-fjella, men budde i Gibea. Elles høyrde folket der på staden Benjamins-ætta til. Då den gamle mannen såg opp, vart han var ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du frå?» Hin svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraims-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på heimveg. Men her er det ingen som vil hysa meg. Vi har både halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og kvinna og tenestguten som tenaren din har med seg. Vi vantar ingen ting.» Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.» Så fylgde han den framande inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Og då dei hadde vaska føtene sine, sette dei seg til bords. Best dei sat der og hygde seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Send han ut, den karen som har teke inn hjå deg, så vi kan få vår vilje med han!» Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje så stygg ei gjerning! Sjå, her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lyster. Men denne mannen må de ikkje fara så stygt med.» Men karane ville ikkje høyra på han. Då tok den framande fylgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og fór ille med henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å ljosna. I dagrenninga kom kona, og ho seig i hop framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var ljost. Då husbonden hennar stod opp om morgonen og lét opp døra og gjekk ut, ville fara sin veg, då låg fylgjekona hans framfor husdøra med hendene på dørstokken. Han sa til henne: «Reis deg opp, og lat oss fara i veg!» Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne opp på eselet, tok ut og fór til si bygd. Då han kom heim, treiv han ein kniv, tok fylgjekona si og lema henne sund i tolv luter. Og dei sende han kring i heile Israels-riket. Og alle som såg det, sa: «Slikt har aldri hendt og aldri vore spurt frå den dagen israelittane drog opp frå Egypt, og til no. Tenk etter, legg råd og sei kva de meiner!» Då tok alle israelittane ut. Heile folket, frå Dan til Be’er-Sjeba og frå Gilead-landet, alle som ein samla seg framfor Herren i Mispa. Og hovdingane for heile folket, for alle Israels-ættene, møtte fram der Guds-folket var samla. Det var fire hundre tusen fotfolk, væpna med sverd. Folket i Benjamin fekk høyra at israelittane var farne opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det bar til med denne ugjerninga!» Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til ords og sa: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta. Men Gibea-mennene kom mot meg om natta og kringsette huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, så ho døydde. Då tok eg fylgjekona mi og lema henne sund og sende lutene kring i heile Israels land og rike. For dei hadde gjort ei ugjerning og eit skjemdarverk i Israel. Når de no er samla her, alle Israels-menner, så kom fram med dykkar meining og gjev råd!» Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til sitt telt eller fara heim til sitt hus. Og såleis skal vi no gjera med Gibea: Vi kastar lodd om kven som skal gå mot byen, og tek ut ti mann for kvart hundre av alle Israels ætter, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal henta mat til stridsmennene, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der lika for det skjemdarverket dei har gjort i Israel.» Så samla dei seg, alle Israels-mennene, og drog mot byen, alle som ein. Og Israels-ættene sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hjå dykk? Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan slå dei i hel og rydja det vonde ut or Israel.» Men folket i Benjamin ville ikkje høyra på frendane sine, israelittane. Frå alle byane sine kom dei saman i Gibea og ville dra i strid mot israelittane. Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane; attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar. Mellom alle desse fanst det sju hundre utvalde menn som var keivhendte. Når dei kasta slyngjesteinen, råka dei alle saman på eit hår; ingen kasta i miss. Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen væpna menn, alle øvde krigarar. Israelittane gjorde seg ferdige og fór opp til Betel. Der spurde dei Gud til råds: «Kven av oss skal fyrst dra ut i striden mot Benjamins-mennene?» Og Herren svara: «Juda fyrst.» Om morgonen braut israellittane opp og leira seg midt imot Gibea. Så drog dei fram til strid mot Benjamin; dei gjekk mot Gibea, fylka til strid. Men folket i Benjamin braut fram frå Gibea og felte den dagen tjueto tusen israelittar. Då tok israelittane mot til seg og fylka seg til strid på same staden som dei hadde fylka seg dagen før. Dei gjekk opp til heilagdomen og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds. Og dei spurde Herren: «Skal vi atter dra fram og strida mot frendane våre i Benjamin?» «Gå imot dei!» svara Herren. Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamins-mennene. Og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte atter atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn. Då drog heile Israels-hæren opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens åsyn og fasta heile dagen, alt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren. Og israelittane spurde Herren til råds, for den gongen stod Guds paktkiste der, og Pinhas, son til Elasar og soneson til Aron, gjorde den tid teneste for Herrens åsyn. Dei spurde: «Skal vi endå ein gong dra ut i strid mot frendane våre i Benjamin, eller skal vi la det vera?» Og Herren svara: «Dra ut! I morgon vil eg gje dei i hendene dykkar.» Då la israelittane folk i bakhald rundt ikring Gibea. Tredje gongen drog israelittane mot Benjamin. Dei fylka seg og gjekk mot Gibea liksom dei førre gongene. Benjamins-mennene kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei fyrst nokre av israelittane på landevegane som fører oppetter, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea; det var om lag tretti mann som fall. Då tenkte Benjamins-mennene: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss røma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.» Så tok alle israelittane ut frå den staden der dei hadde halde til, og fylka seg i Ba’al-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymsla si vestanfor Gibea. Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid; men Benjamins-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei. Herren laga det så at Benjamin tapte for Israel. Den dagen felte dei tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin; alle desse var våpenføre. Då såg Benjamins-mennene at dei var slegne. Dei andre israelittane drog seg atttende frå Benjamin, for dei leit på dei som låg i bakhald attmed Gibea. Og no sprang desse mennene fram. Dei trengde inn i Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg. Dei andre israelittane hadde gjort den avtalen med bakhaldsmennene at dei skulle la ein tjukk røyk stiga opp frå byen. Då no israelittane snudde ryggen til i striden, felte Benjamin i fyrstninga nokre av dei, om lag tretti mann. For dei tenkte: «Vi kjem nok til å slå dei no som førre gongen.» Men så tok røyken til å stiga opp frå byen som ei søyle. Og då Benjamins-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge, som slo opp mot himmelen. I det same vende israelittane om. Då vart Benjamins-mennene forfærde; for dei såg at ulukka var tett innpå dei. For å sleppa unna israelittane snudde dei og tok vegen mot øydemarka. Men striden fylgde dei i hælane, og snart var dei som kom frå byane, midt imellom dei og gjorde ende på dei. Israelittane ringa Benjamins-mennene inne, forfylgde dei og trakka dei ned når dei måtte kvila, heilt til dei var beint i aust for Gibea. Det fall atten tusen mann av Benjamins-ætta, alle saman djerve stridsmenn. Dei andre snudde om og rømde ut i øydemarka, til Rimmon-berget. Av dei som var att, felte israelittane endå fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til. I alt var det tjuefem tusen våpenføre menn av Benjamin som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenn. Seks hundre mann som hadde snutt og rømt ut i øydemarka, til Rimmon-berget, heldt til der i fire månader. Men israelittane fór attende til Benjamin og øydde byen med odd og egg; alt dei kom over, hogg dei ned, både folket og feet. Og alle byane i landet sette dei eld på. I Mispa hadde israelittane svore at ingen av dei skulle gje dotter si til ein mann av Benjamin. Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn heilt til kvelds. Dei gret høgt og sa: «Herre, Israels Gud, kvifor skulle dette henda i Israel, så vi i dag må sakna ei heil ætt av israelittar?» Tidleg neste morgon bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og måltidsoffer. Så sa israelittane: «Kven var det av alle Israels-ættene som ikkje kom opp til Herren saman med lyden?» For dei hadde svore ein dyr eid at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle lata livet. Israelittane syrgde over frendane sine i Benjamin og sa: «I dag er ei ætt hoggen bort av Israel. Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.» Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Då synte det seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til møtet i leiren. Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av mennene frå Jabesj i Gilead der. Israels-lyden sende då tolv tusen stridsmenn dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead, kvinner og born òg. Høyr no kva de skal gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de bannstøyta.» Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre ungmøyar som ikkje hadde tilhøyrt eller lege med menn. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan. Så sende heile lyden bod til dei Benjamins-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred. Då kom Benjamins-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene som dei hadde spart av Jabesj-folket i Gilead. Men det vart ikkje nok til dei. Folket syrgde endå over Benjamin; for Herren hadde hogge eit skar i Israels-folket. Då sa dei eldste i lyden: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamins-ætta er utrudde?» Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ei heil ætt av Israel går til grunne? Men vi kan ikkje gje dei av døtrene våre.» For israelittane hadde svore og sagt: «Forbanna vere den som gjev dotter si til ein mann i Benjamin!» «Men høyr no,» sa dei. «År om anna held dei ei høgtid for Herren i Sjilo.» Sjilo ligg nord for Betel, aust for den storvegen som går frå Betel til Sikem, og sør for Lebona. «Far dit,» sa dei til Benjamins-mennene, «og legg dykk på lur i vingardane! Når de då ser at ungmøyane i Sjilo kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vingardane og rana dykk kvar si brur mellom Sjilo-møyane, og så fara heim att til Benjamins-landet. Og når fedrane deira eller brørne deira kjem og klagar på dykk, skal de seia til dei: Kjære, unn oss desse møyane! For det er ikkje i strid vi har teke kvar si kone. Og de har ikkje gjeve oss dei; elles hadde det no kvilt skuld på dykk.» Benjamins-mennene gjorde så. Dei henta seg kvar si brur som dei rana mellom møyane på dansarvollen. Så fór dei heim att til odelslandet sitt. Dei bygde opp att byane og vart buande der. På same tid drog israelittane òg bort derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar fór heim til sin odel. I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt. I dei dagar då domarane styrte, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då fór ein mann i veg frå Betlehem i Juda med kona si og dei to sønene sine. Han ville bu i Moab ei tid. Mannen heitte Elimelek, kona No’omi og dei to sønene Maklon og Kiljon. Dei var av Efrata-ætta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og slo seg til der. Ei tid etter døydde Elimelek, mannen til No’omi, og ho sat att med dei to sønene sine. Dei gifte seg med moabittkvinner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der om lag ti år. Så døydde dei òg, både Maklon og Kiljon, og No’omi sat att åleine etter at sønene og mannen var borte. Då tok ho ut frå Moab med sonekonene sine og fór heim att. For medan ho var i Moab, hadde ho høyrt at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød. Ho gav seg i veg frå den staden der ho hadde butt, og dei to sonekonene fylgde henne. Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Juda, sa No’omi til sonekonene sine: «Snu no og far heim att, kvar til si mor! Gjev Herren må vera trufast mot dykk, som de har vore mot dei døde og mot meg! Gjev Herren må la dykk begge få mann og heim!» Så kyste ho dei. Då tok dei til å gråta og sa til henne: «Nei, vi vil fylgja deg attende til folket ditt.» Men No’omi sa: «Far heim att, døtrene mine! Kvifor vil de vera med meg? Har eg kanskje enno søner i vente som de kunne få til menn? Snu og far heim att, døtrene mine! Eg er for gamal til å gifta meg att. Og om eg tenkte: Eg har enno von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner, skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Eg har inderleg vondt av dykk, no når Herrens hand har råma meg så hardt.» Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste vermor si til avskil. Men Rut ville ikkje skiljast frå henne. Då sa No’omi: «Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin. Snu du òg, og fylg henne!» Men Rut svara: «Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud. Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren la det gå meg ille både no og sidan om noko anna enn døden får skilja meg frå deg!» Då No’omi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det. Så heldt dei fram på ferda til dess dei kom til Betlehem. Då dei nådde fram dit, kom heile byen i rørsle for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette No’omi?» Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje No’omi! Kall meg heller Mara! For Den Allmektige har gjort livet tungt og beiskt for meg. Eg var rik då eg fór bort, men Herren har late meg koma fattig att. Kvifor kallar de meg No’omi, når Herren har vitna mot meg, når Den Allmektige har late det gå meg så ille?» Så kom då No’omi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende tilbake frå Moab. Dei kom til Betlehem då byggskurden tok til. No’omi hadde ein kjenning som var i slekt med mannen hennar. Han heitte Boas og var ein velståande mann av Elimelek-ætta. Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til No’omi: «Lat meg få gå ut på åkeren og sanka aks etter einkvan som gjev meg lov til det!» Ho svara: «Ja, gå du, dotter mi!» Så gjekk Rut av stad og sanka aks etter skurdfolket. Og det høvde så til at åkerstykket høyrde Boas til, han som var av Elimelek-ætta. Best det var, kom Boas frå Betlehem, og han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara: «Herren velsigne deg!» Boas spurde den tenaren som hadde tilsyn med skurdfolket: «Kven høyrer ho til, den jenta?» Og tenaren som hadde tilsyn med skurdfolket, svara: «Det er den unge moabittkvinna som fylgde med No’omi hit frå Moab. Ho spurde om ho kunne få plukka og henta i hop dei aksa som ligg att mellom kornbanda etter skurdfolket. Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no; berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt.» Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Du skal ikkje gå av stad og sanka aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til tenestjentene mine! Sjå etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og fylg etter dei! Eg har sagt frå til karane at dei ikkje skal røra deg. Og vert du tyrst, så gå bort til krukkene og drikk av vatnet som dei auser opp!» Då kasta ho seg ned, bøygde seg til jorda og sa til han: «Korleis kan du ha slik godvilje for meg og ta deg så venleg av meg, endå eg er framand?» Boas svara: «Dei har fortalt meg alt det du har gjort mot vermor di etter at mannen din døydde. Du skildest frå far din og mor di og fedrelandet ditt og fór til eit folk som du ikkje kjende før. Herren løne deg for det du har gjort! Gjev du må få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du no er komen til for å finna livd under vengene hans.» «Herre,» sa ho, «du har sanneleg vist godvilje mot meg; for du har trøysta meg og tala venleg til tenestkvinna di, endå eg ikkje eingong er så mykje som ei av tenestjentene dine.» Då dei skulle ha seg mat, sa Boas til Rut: «Kom hit og et av brødet, og duppa stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg attmed skurdfolket, og Boas rette henne steikt korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att. Då ho reiste seg og ville sanka, sa Boas til karane: «Lat henne berre sanka mellom kornbanda òg! Gjer henne ikkje noko vondt! Ja, de skal dra aks ut or banda og la dei liggja, så ho kan plukka dei opp. Ingen må skjenna på henne.» Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelds. Og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det om lag ein efa bygg. Ho tok kornet og gjekk til byen, og vermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det som var att då ho hadde ete seg mett, og gav henne det. Då sa vermora til henne: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidt? Velsigna vere han som har teke seg så venleg av deg!» Så fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå. Ho sa: «Den mannen som eg har arbeidt hjå i dag, heiter Boas.» Då sa No’omi til sonekona si: «Velsigna vere han av Herren, som ikkje har teke si miskunn bort, korkje frå dei levande eller dei døde!» Og ho la til: «Den mannen er i slekt med oss; han er ein av løysingsmennene våre.» Og Rut, moabittkvinna, heldt fram: «Han sa òg at eg skulle halda lag med folka hans til dei var ferdige med heile skurden.» Då sa No’omi til Rut, sonekona si: «Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med jentene hans. På ein annan åker kunne dei snart ha gjort deg eitkvart vondt.» Så heldt ho lag med jentene åt Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si. No’omi, vermor hennar Rut, sa til henne: «Eg vil sjå til å finna deg ein heim, dotter mi, så du kan få det godt. Høyr no, du kjenner Boas, husbonden åt dei jentene du var saman med, og veit at han er i slekt med oss. I natt kastar han bygg på treskjevollen. Du skal vaska deg og salva deg, og så skal du kle deg og gå ned til treskjevollen; men lat ikkje mannen få sjå deg før han er ferdig med å eta og drikka. Når han legg seg til å sova, skal du merka deg staden der han legg seg. Gå så bort og lyft på teppet og legg deg nedmed føtene hans; så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera!» Rut svara: «Eg skal gjera alt det du seier.» Så gjekk ho ned til treskjevollen og gjorde i alle måtar så som vermora hadde sagt. Då Boas hadde ete og drukke og var komen i godlag, gjekk han og la seg attmed kornhaugen. Då kom ho stilt, lyfte på teppet og la seg nedmed føtene hans. Midnattstider kvakk mannen til. Han bøygde seg framover, og så fekk han sjå at det låg ei kvinne nedmed føtene hans. «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestkvinna di,» svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.» Då sa han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du har vist endå større truskap no enn før, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene, korkje dei fattige eller dei rike. Så ver ikkje redd, dotter mi! Alt det du seier, vil eg gjera for deg; for alt folket her på staden veit at du er ei bra kvinne. Det er sant at eg er løysingsmann; men det finst ein annan løysingsmann som er nærare enn eg. Ver her i natt! Og vil han løysa deg i morgon, så lat han det! Men har han ikkje hug til å løysa deg, skal eg gjera det, så sant Herren lever! Ligg berre her til morgons!» Så vart ho liggjande nedmed føtene hans til morgons, men stod opp før det vart så ljost at folk kunne kjenna kvarandre. Han tenkte: «Det må ikkje spørjast at kvinna kom hit til treskjevollen.» Sidan sa han: «Kom hit med den kappa du har på deg, og hald henne fram!» Så heldt ho kappa fram, og han mælte opp seks mål bygg og la det på henne. Dermed gjekk han inn i byen. Då Rut kom heim til vermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Så fortalde ho alt det mannen hadde gjort mot henne, og la til: «Han gav meg desse seks måla med bygg og sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til vermor di!» Då sa No’omi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får sjå korleis det går med dette! For den mannen gjev seg ikkje før han får saka ordna, og det i denne dag.» Imedan hadde Boas gått opp til byporten og sett seg der. Då høvde det så at den løysingsmannen som Boas hadde tala om, gjekk framom, og Boas sa: «Kom hit og set deg!» Då kom han og sette seg. No kalla Boas til seg ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg. Så sa han til løysingsmannen: «No’omi, som er komen heim att frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, åtte. Eg tenkte at eg ville varsla deg om dette og seia: Kjøp det du medan dei er til stades, dei som sit her, medan dei eldste i folket mitt er til stades! Vil du løysa det, så gjer det! Vil du ikkje løysa det, så sei frå, så eg får vita det! For ingen annan har løysingsretten enn du, og nest etter deg er det eg sjølv.» Han svara: «Eg vil løysa det.» Då sa Boas: «Men når du kjøper jordstykket av No’omi, må du òg ta moabittkvinna Rut, enkja, så den avlidne kan få ein arving til arvelut.» Løysingsmannen svara: «Så kan eg ikkje nytta løysingsretten min, for då kom eg til å gjera arven åt mine eigne born mindre. Løys du det eg skulle ha løyst, for eg kan ikkje.» Det var gamal sed i Israel at ein mann, når han skulle stadfesta ei innløysing eller ein bytehandel, drog av seg sandalen og gav han til den andre parten. Såleis vart ei sak vitnefast i Israel. Difor sa løysingsmannen til Boas: «Kjøp det du!» Og så drog han av seg sandalen. Då sa Boas til dei eldste og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av No’omi alt det som Elimelek har ått, og alt det som Kiljon og Maklon har ått. Og eg tek moabittkvinna Rut, enkja etter Maklon, til kone, så den avlidne kan få ein arving til arvelut, så namnet hans ikkje skal verta utsletta or ætta og gløymt i porten på heimstaden hans. Det er de vitne på i dag.» Alt folket som var i byporten, og dei eldste svara: «Ja, det er vi vitne på. Gjev Herren må la den kvinna som no kjem i huset ditt, verta som Rakel og Lea, dei to som bygde Israels hus! Gjev du må koma til velmakt i Efrata og vinna deg eit namn i Betlehem! Gjev dei etterkomarar som Herren lèt deg få med denne unge kvinna, må gje deg ei ætt som ætta åt Peres, han som Tamar fekk åt Juda!» Så tok Boas Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, laga Herren det så at ho vart med barn, og ho fekk ein son. Då sa kvinnene til No’omi: «Lova vere Herren, som ikkje lét deg vanta løysingsmann i dag! Gjev denne sonen må verta namngjeten i Israel! Han skal gje deg ny kraft og syta for deg i alderdomen. For sonekona di, som held så av deg, er mor hans, og ho er meir for deg enn sju søner.» Så tok No’omi guten og la han på fanget sitt, og ho vart fostermor hans. Og grannekonene gav han namn og sa: «No’omi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David. Dette er etterkomarane etter Peres: Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk sonen Ram, Ram fekk sonen Amminadab, Amminadab fekk sonen Naksjon, Naksjon fekk sonen Salma, Salma fekk sonen Boas, Boas fekk sonen Obed, Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David. I Ramatajim i Efraims-fjella budde det ein mann av Suf-ætta som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu og soneson til Tohu, som var son til Suf, ein efraimitt. Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus. År etter år drog denne mannen opp frå heimbygda si og tilbad og ofra til Herren, Allhærs Gud, i Sjilo. Der var dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, prestar for Herren. Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvar sitt stykke av offerkjøtet, men Hanna fekk dobbelt så mykje. For han heldt mest av Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar. Medtevlaren hennar terga henne støtt og ville gjera henne motlaus, fordi Herren hadde stengt morslivet hennar. Såleis gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Så gret ho og ville ikkje eta. Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er du så sorgfull? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?» Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens åsyn. Eli, overpresten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel. I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. Og ho gav ein lovnad og sa: «Herre, Allhærs Gud! Dersom du vil sjå kor vondt tenestkvinna di har det, og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men la meg få ein son, så vil eg gje han til Herren for heile livet, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.» Såleis bad Hanna lenge til Herren, og Eli fylgde munnen hennar med augo. Det var inni seg ho bad; ho leda berre lippene, men røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var drukken, og sa til henne: «Kor lenge vil du syna deg drukken? Sjå til å få rusen av deg!» Men Hanna svara: «Nei, herre, eg er ei sorgtyngd kvinne. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke; eg berre klagar mi naud for Herren. Hald ikkje tenestkvinna di for ei ring kvinne! For eg har heile tida tala ut av mi store sorg og sut.» Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.» Hanna svara: «Gjev tenestkvinna di må finna godvilje hjå deg!» Så gjekk ho sin veg; ho fekk seg mat og såg ikkje lenger så sorgfull ut. Morgonen etter stod dei tidleg opp, bøygde seg og tilbad Herren. Så fór dei heim att til Rama. Og då Elkana atter var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug. Før året var ute, vart ho med barn og fekk ein son. Og ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han,» sa ho. Då så Elkana drog opp att med heile huslyden sin og skulle bera fram for Herren det årlege slaktofferet og lovnadsofferet, vart ikkje Hanna med. Ho sa til mannen sin: «Eg vil venta til guten er avvand. Då vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.» «Gjer som du tykkjer best,» svara Elkana, mannen hennar. «Ver heime til du har vant han av! Gjev Herren må setja sitt ord i verk!» Så vart kvinna heime og gav guten bryst til han var avvand. Men då ho hadde vant han av, drog ho opp med han. Ho hadde med seg ein treårsgamal okse, ein efa mjøl og ei vinhit, og ho førte han til Herrens hus i Sjilo. Han var berre småguten den gongen. Så slakta dei oksen og førte guten inn til Eli. Og ho sa: «Høyr på meg, herre. Så sant du lever, herre: Eg er den kvinna som stod her hjå deg og bad til Herren. Denne guten var det eg bad om, og Herren har høyrt bøna mi. No gjev eg han att til Herren for heile hans levetid; det var for Herrens skuld eg bad om han.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der. Hanna bad og sa: Mitt hjarta frydar seg i Herren, Herren gjev meg stor kraft. No kan eg le åt mine fiendar, for eg gleder meg over di frelse. Ingen er heilag som Herren, for ingen er til utan du, og det finst ikkje fjell ¬som vår Gud. Slutt med kyt og kaute ord, hald opp ¬med all den frekke talen! For Herren er ein Gud ¬som allting veit, han prøver kvar ei gjerning. Stridsmenns bogar vert brotne; men dei trøytte ¬bur seg med kraft. Dei mette må tena for brødet, og dei svoltne svelt ikkje meir. Barnlaus kvinne får sju søner, den barnerike visnar bort. Herren tek liv og gjev liv, han sender menneske ¬til dødsriket og kan føra dei opp derifrå. Herren gjer fattig, ¬og han gjer rik, han fornedrar, ¬og han opphøgjer. Han reiser småkårsfolk ¬or støvet, lyfter den fattige or oska, sessar han saman med ¬stormenn og gjev han eit ærefullt sete. For søylene under jorda ¬høyrer Herren til, han bygde jorderiket på dei. Han vernar sine trugne ¬på vegen, men dei gudlause ¬forgår i mørkret. For ingen er sterk i eiga kraft. Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne. Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen, Herren dømer den vide jord. Måtte han gje sin konge styrke og sin salvevigde stor kraft! Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han. Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel. Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Såleis bar dei seg åt mot alle israelittar som kom til Sjilo. Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.» Om då mannen svara: «Fyrst må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil,» så sa tenaren: «Nei, lat meg få det straks, elles tek eg det med makt!» Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var ovstor; dei hadde ikkje vørdnad for Herrens offer. Imedan gjorde Samuel teneste for Herren. Endå han berre var ein smågut, bar han presteklede av lin. Og mor hans laga kvart år ein liten kjortel til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp og skulle bera fram det årlege slaktofferet. Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att. Og Herren kom Hanna i hug, så ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren. No var Eli svært gamal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved møteteltdøra, sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Eg høyrer alle menneske tala om den vonde åtferda dykkar. Nei, søner! Det er ikkje noko godt ord som går om dykk i Herrens folk etter det eg høyrer. Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud døma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy. Men guten Samuel voks og vart stor og var til hugnad for Herren og for menneske. Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Eg openberra meg for farsætta di då ho var i Egypt og laut træla for farao og mennene hans. Og eg valde henne ut mellom alle Israels ætter til å gjera presteteneste for meg, til å ofra på altaret mitt, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt åsyn. Og eg gav farsætta di retten til alle eldoffera frå israelittane. Kvifor viser du vanvørdnad for slaktofferet og grødeofferet mitt, som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, med di de gjør dykk med det beste av alle dei offergåver som Israel, folket mitt, ber fram? Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at di ætt og farsætta di alle dagar skal gjera teneste for mitt åsyn. Men no lyder ordet frå Herren: Så skal det ikkje vera! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvørder meg, skal verta til skammar. Dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta åt farsætta di, så ingen vert gamal i ætta di. Då skal du sjå med lengsle på alt det gode eg gjer mot Israel; men i di ætt skal det aldri finnast nokon som vert gamal. Berre ein einaste mann i ætta di vil eg la vera å rydja bort frå altaret mitt. Eg vil la augo dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i di ætt, skal døy i sine beste år. Og til teikn på dette skal du ha det som kjem til å henda dei to sønene dine, Hofni og Pinhas: Dei skal begge døy på éin dag. Så skal eg setja inn ein trufast prest, som gjer det eg ynskjer og vil. For han vil eg byggja opp ei varande ætt, og han skal alle sine dagar gjera teneste hjå den eg har salva. Då skal det gå så at dei som er att av di ætt, kjem og kastar seg ned og bed om eit pengestykke eller eit brød og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga, så eg kan få litt mat å eta.» Guten Samuel gjorde no teneste for Herren, og Eli hadde tilsyn med han. I dei dagar kom det sjeldan ord frå Herren, og av syner var det få. Så var det ein gong medan Eli låg på romet sitt. Augo hans hadde teke til å dimmast; han såg ikkje klårt. Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod. Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Ja, her er eg,» og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg. Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!» Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han. Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten. Og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt. Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!» Då sa Herren til Samuel: «No vil eg gjera slike ting i Israel at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det. Den dagen skal Eli få sanna alt det eg har varsla om ætta hans, frå fyrst til sist. Eg har kunngjort for han at eg vil døma ætta hans for alle tider, for det brotet han gjorde. Han aga ikkje sønene sine, endå han visste at dei forbanna Gud. Difor har eg gjort denne eiden om Eli-ætta: Aldri skal skulda åt Eli-ætta kunna sonast, anten med slaktoffer eller med offergåver.» Samuel vart liggjande til morgons. Då opna han døra til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet. Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, guten min!» «Ja, her er eg,» svara han. Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Kjære, døl det ikkje for meg! Gud la det gå deg ille både no og sidan om du døl for meg noko av det han sa til deg.» Så fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han lyt gjera som han tykkjer best.» Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda. Då skjøna heile Israel frå Dan til Be’er-Sjeba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet. Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord. Og det Samuel sa, gjekk ut til heile Israel. Israelittane drog no ut til strid mot filistarane. Dei slo leir attmed Eben-Eser, medan filistarane hadde leira seg ved Afek. Filistarane fylka hæren sin mot israelittane, og striden breidde seg. Israel tapte for filistarane, og det fall om lag fire tusen mann i fylkinga på slagmarka. Då folket kom attende til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor har Herren late filistarane vinna over oss i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera mellom oss og berga oss frå fiendane våre.» Så sende folket bod til Sjilo, og der henta dei paktkista åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane. Dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, var òg med; dei fylgde Guds paktkiste. Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit glederop så sterkt at jorda riste. Filistarane høyrde ropet og sa: «Kva tyder dette høge glederopet i hebrearleiren?» Men då dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit, vart dei redde; for dei tenkte: «Gud er komen til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før. Ve oss! Kven skal berga oss frå denne veldige guden? Dette er då den same guden som sende allslags plager over egyptarane i øydemarka. Men ta mot til dykk, filistarar, og ver menn, så de ikkje skal måtta træla for hebrearane, som dei har træla for dykk! Manna dykk opp og gå til strid!» Så gjekk filistarane på, og israelittane tapte og rømde heim, kvar til sitt. Mannefallet var fælande stort; det fall tretti tusen fotfolk av Israels-hæren. Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, miste livet. Ein mann av Benjamins-ætta sprang av stad frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og mold på hovudet. Då han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og stirte bortetter; for han hadde slik hjartesut for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen med meldinga, vart det eit jammerskrik over heile byen. Eli høyrde skriket og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det. Eli var då 98 år gamal, og han var stiv i blikket; han kunne ikkje sjå. Som no mannen sa: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag», spurde Eli: «Korleis har det gått, guten min?» Han som kom med bodet, svara: «Israel rømde for filistarane, og det vart eit stort mannefall mellom folket. Begge sønene dine, Hofni og Pinhas, har òg mist livet, og Guds paktkiste er teken.» Med det same han nemnde Guds paktkiste, datt Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde; for han var ein gamal og tung mann. Han hadde då vore domar i Israel i førti år. Sonekona hans, ho som var gift med Pinhas, var med barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at verfaren og mannen hennar hadde mist livet, seig ho i kne og fødde; for riene kom brått over henne. Då ho heldt på å døy, sa kvinnene som stod oppover henne: «Ver ikkje redd, du har fått ein son!» Men ho svara ikkje og ansa ikkje kva dei sa. Ho kalla guten Ikabod og sa: «Kvorven er herlegdomen frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og verfaren og mannen hennar hadde mist livet. «Kvorven er herlegdomen frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.» Filistarane tok Guds paktkiste og førte henne frå Eben-Eser til Asjdod. Der tok dei paktkista og bar henne inn i Dagons tempel og sette henne attmed Dagon. Tidleg om morgonen dagen etter fekk folket i Asjdod sjå at Dagon låg med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Då reiste dei han opp og sette han på plass. Morgonen etter kom dei att og fann Dagon liggjande med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Og hovudet og begge hendene hans låg avhogne attmed dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon. Det er grunnen til at Dagon-prestane og alle andre som går inn i Dagons tempel i Asjdod, ikkje set foten på dørstokken der; så har det vore til denne dag. No låg Herrens hand tungt på folket i Asjdod. Han gjorde dei rådlause og redde og slo dei med svullar, både i Asjdod og i bygdene rundt ikring. Då mennene i Asjdod såg korleis det gjekk, sa dei: «Vi vil ikkje ha paktkista åt Israels Gud hjå oss lenger. For tungt ligg handa hans både på oss og Dagon, guden vår.» Så sende dei bod og stemnde til seg alle filistarfyrstane og spurde: «Kva skal vi gjera med paktkista åt Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat!» Så flytte dei paktkista til Gat. Men då dei hadde flytt henne dit, råma Herrens hand byen og skapte redsle og rådløyse. Han slo folket i byen med sott, og det braut ut svullar både på små og store. Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik Ekron-buane: «Dei har flytt paktkista åt Israels Gud hit for å drepa oss og folket vårt.» Dei sende bod og stemnde saman alle filistarfyrstane og sa: «Send paktkista åt Israels Gud bort, og lat henne koma attende til den staden der ho høyrer heime! Elles kjem ho til å drepa oss og folket vårt.» For det var kome ei dødsredsle over heile byen. Herrens hand låg tungt på han. Dei mennene som ikkje døydde, vart slegne av svullar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen. Då Herrens paktkiste hadde vore i Filistarlandet i sju månader, kalla filistarane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne attende til den staden der ho høyrer heime!» Dei svara: «Sender de paktkista åt Israels Gud frå dykk, må de ikkje senda snaue kista, men gje ei soningsgåve til vederlag. Då vert de friske og får vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.» Filistarane spurde: «Kva slag soningsgåve skal vi gje til vederlag?» Dei andre svara: «Fem svullar av gull og fem myser av gull, etter talet på filistarfyrstane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, jamvel fyrstane. De skal laga etterlikningar av svullane dykkar og av mysene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Så tek han kanskje den tunge handa si bort både frå dykk og guden og landet dykkar. Kvifor er de så stridlyndte, liksom egyptarane og farao var? Laut dei ikkje sleppa Israel av stad etter at Herren hadde fare ille med dei? Ta no og lag ei ny vogn, og henta to nybære kyr som det ikkje har vore åk på. Set kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og lat dei vera att heime. Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin attmed kista. Send henne så av garde! Sjå etter om ho tek vegen oppover til sitt eige land, til Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men fer ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har råka oss. Då er det berre ein vanlagnad vi har vore ute for.» Mennene gjorde som dei var føresagde. Dei henta to nybære kyr og sette dei for vogna. Men kalvane heldt dei att heime. Så sette dei Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmysene og bileta av svullane. Kyrne tok beine vegen mot Bet-Sjemesj. Rautande gjekk dei, og same leia heldt dei heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre. Og filistarfyrstane fylgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj. Folket i Bet-Sjemesj heldt på og skar kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auga på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne. Vogna kom inn på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj og stogga. Der låg det ein stor stein. Dei hogg sund treverket i vogna og ofra kyrne som brennoffer til Herren. Levittane tok ned Herrens paktkiste og skrinet med gullsakene som stod attmed henne, og sette dei på den store steinen. Den dagen ofra mennene i Bet-Sjemesj brennoffer og slaktoffer til Herren. Dei fem filistarfyrstane såg på dette og fór same dagen attende til Ekron. Dette er dei gullsvullane som filistarane gav Herren til vederlag: ein for Asjdod, ein for Gasa, ein for Asjkalon, ein for Gat og ein for Ekron. Gullmysene svara til talet på alle dei byane som låg under dei fem filistarfyrstane, både festningsbyane og landsbyane. Eit vitne om dette er den store steinen på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj, den steinen som dei sette Herrens paktkiste på; han ligg der den dag i dag. Men Herren slo ned nokre av mennene i Bet-Sjemesj, fordi dei hadde sett på Herrens paktkiste. Sytti mann av dei slo han ned. Og folket syrgde fordi han hadde valda så stort mannefall mellom dei. Då sa folket i Bet-Sjemesj: «Kven kan stå seg for Herren, ein heilag Gud som han? Og kvar skal han fara når vi sender han frå oss?» Så sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: «Filistarane har sendt Herrens paktkiste attende. Kom og henta henne opp til dykk!» Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei vigsla Elasar, son hans, til å vakta Herrens paktkiste. Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Då vende heile Israels-folket seg til Herren. Og Samuel sa til heile Israels-folket: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarta, så få bort dei framande gudane og Astarte-bileta! Vend hjarta dykkar til Herren og ten han! Så skal han fria dykk frå filistarveldet.» Då skilde israelittane seg av med Ba’al-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren. Og Samuel sa: «Stemn heile Israel saman i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk.» Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og rende det ut for Herrens åsyn. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot Herren.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa. Så snart filistarane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog fyrstane deira opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet.» Då tok Samuel eit soglam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han. Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistarane fram til strid mot israelittane. Men den dagen sende Herren eit sterkt torever over filistarane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane. Då drog Israels-mennene ut frå Mispa; dei forfylgde filistarane til nedanfor Bet-Kar og slo dei. Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Jesjana. Den kalla han «Hjelpesteinen» og sa: «Til no har Herren hjelpt oss.» Såleis vart filistarane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistarane så lenge Samuel levde. Dei byane som filistarane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat; og bygdene som låg ikring dei, vann Israel att frå filistarane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred. Samuel var domar i Israel så lenge han levde. Kvart år drog han ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane. Sidan fór han heim att til Rama; for der budde han, og der var han domar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren. Då Samuel vart gamal, sette han sønene sine til domarar i Israel. Den eldste heitte Joel og den yngste Abia. Dei styrte og dømde i Be’er-Sjeba. Men sønene fylgde ikkje i hans fotefar. Dei søkte urett vinning, tok muter og rengde retten. Då samla dei seg, alle dei eldste i Israel, og kom til Samuel i Rama og sa til han: «No er du gamal, og sønene dine fylgjer ikkje i dine fotefar. Set difor ein konge over oss til å styra oss! Det har då alle dei andre folka.» Samuel tykte det var ille at dei sa: «Set ein konge over oss, som kan styra oss!» Og han bad til Herren. Men Herren sa til han: «Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg. Det har dei alltid gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt, og til denne dag. Dei har gått bort frå meg og dyrka andre gudar. Og såleis fer dei åt mot deg òg. Gjer no som dei vil! Men fyrst må du åtvara dei alvorleg og la dei få vita kva rett han kjem til å få, den kongen som skal rå over dei!» Då tala Samuel til folket som kravde ein konge av han, og la fram for dei alt det Herren hadde sagt. Han sa: «Desse rettane kjem han til å ha, den kongen som skal rå over dykk: Sønene dykkar tek han og set til å gjera teneste ved vognene og hestane sine, og dei må springa framfor vogna hans. Han set dei til hovdingar over fylkingar på tusen og på femti, til å pløya åkrane og hausta inn avlinga hans og til å laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene hans. Døtrene dykkar set han til å laga salvar og til å koka og baka. Dei beste jordene, vingardane og olivenhagane dykkar tek han og gjev mennene sine. Av åkrane og vingardane dykkar tek han tiend og gjev hoffmennene og tenarane sine. Trælane og trælkvinnene dykkar, den beste ungdomen og esla dykkar tek han og brukar i si eiga teneste. Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de træla for han. Då skal de ein dag ropa til Herren på grunn av kongen som de har valt dykk. Men Herren skal ikkje svara dykk den dagen.» Men folket ville ikkje høyra på Samuel. «Nei,» sa dei, «vi vil ha ein konge over oss. Vi vil ha det som alle dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; og han skal gå framfor oss og føra oss når vi er i krig.» Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for Herren. Og Herren sa til Samuel: «Gjer som dei vil, og set ein konge over dei!» Då sa Samuel til israelittane: «Far heim att, kvar til sin by!» Kisj heitte ein mann av Benjamins-ætta. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiak, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann. Han hadde ein son som heitte Saul, ein ung og fager mann. Det fanst ingen i Israel som var fagrare enn han, og han var eit hovud høgare enn alt folket. Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestgutane, og gå av stad og leita etter eselhoppene!» Dei fór over Efraims-heiane og gjennom Sjalisja-bygda, men fann dei ikkje. Så fór dei gjennom Sja’alim-bygda, men esla var ikkje der heller. Sidan fór dei gjennom Benjamins-landet, men fann dei ikkje. Då dei kom til Suf-bygda, sa Saul til tenestguten som var med han: «Kom, lat oss fara heim att, elles kunne far verta meir illhuga for oss enn for esla.» Men tenestguten svara: «I byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord av. Alt det han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.» Så sa Saul til tenestguten: «Ja, men om vi går dit, kva skal vi så ha med til mannen? Brødet i skreppene våre er ende, og vi har inga gåve vi kan by gudsmannen. Kva har vi vel med oss?» Tenestguten tok til ords att og sa til Saul: «Sjå, her har eg ein kvart sekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal ta.» Før i tida sa dei i Israel når dei skulle av og spørja Gud til råds: «Kom, lat oss gå til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei før i tida sjåar. – Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var. Då dei gjekk opp bakken som førte til byen, møtte dei nokre jenter som kom ut og skulle henta vatn, og spurde dei: «Er sjåaren her?» – Jentene svara: «Ja, han er beint framføre dykk. Skunda dykk, no er han komen til byen, for i dag held folket ei offerhøgtid på haugen. Når de kjem inn i byen, finn de han før han går opp på haugen til måltidet. Folket et ikkje før han kjem, for det er han som velsignar offeret. Fyrst då tek gjestene til å eta. Gå berre opp, for no råkar de han.» Så gjekk dei opp til byen, og med det same dei kom inn i byen, kom Samuel imot dei; han var på veg opp til offerhaugen. Men dagen før Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt: «I morgon på denne tid sender eg til deg ein mann frå Benjamins-landet; han skal du salva til fyrste over Israel, folket mitt. Han skal frelsa folket mitt frå filistarveldet; for eg har sett kor vondt folket mitt har det, og naudropa deira har nått opp til meg.» Då Samuel fekk auga på Saul, sa Herren til han: «Sjå, der er den mannen som eg tala til deg om. Han skal styra folket mitt.» Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Gjer vel og sei meg kvar sjåaren bur!» Samuel svara: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. Så kan du fara i veg att i morgon, og då skal du få greie på alt det du gjerne vil vita. Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera redd for; dei er komne til rettes. Kva er det heile Israel ynskjer seg? Er det ikkje deg og farsætta di?» Saul svara: «Men eg er berre ein benjaminitt, frå ei av dei minste ættene i Israel! Og ættgreina mi er den ringaste av alle ættgreiner i Benjamin. Kvifor talar du då såleis til meg?» Men Samuel tok Saul og tenestguten hans og førte dei inn i halla. Han lét dei setja seg øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der. Så sa han til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg ta vare på.» Då tok kokken opp lårstykket og feitthalen og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne høgtida som eg har kalla folket saman til.» Så åt då Saul i lag med Samuel den dagen. Sidan gjekk dei ned av haugen og inn i byen, og han sat og tala med Saul på taket. Tidleg om morgonen, med det same det tok til å dagast, stod dei opp, og Samuel ropa til Saul oppe på taket: «Stå opp, så skal eg fylgja deg på veg.» Saul stod opp, og dei gjekk ut i lag, han og Samuel. Då dei kom til utkanten av byen, sa Samuel til Saul: «Sei til tenestguten din at han skal fara føre.» Tenestguten gjekk, og Samuel sa: «Stogga du her, så skal du få høyra kva Gud har sagt.» Så tok Samuel ei krukke med olje og rende ut over hovudet hans og kyste han og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin. Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsak i Benjamins-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du har vore på leit etter, er komne til rettes. Far din tenkjer ikkje meir på dei, men no er han illhuga for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min? Når du held fram derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel, der dei vil tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre brød og den tredje ei hit med vin. Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot. Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød. Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske. Når du ser desse teikna, så gjer berre det som kjem for deg! For Gud er med deg. Far føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og bera fram brennoffer og måltidsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier kva du skal gjera.» Så bad Saul farvel med Samuel og gjekk sin veg. Då gav Gud han eit anna hjarta, og same dagen hende alt det som Samuel hadde varsla. På vegen til Gibea møtte han ein flokk profetar. Då kom Guds Ande over han, og han vart gripen av profetisk glød midt imellom dei. Alle som kjende han frå før, såg at han tala profetisk saman med profetane, og dei sa til kvarandre: «Kva er det som har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?» Ein mann der på staden sa: «Kven er då far til desse?» Såleis kom det ordtaket opp: «Er Saul òg mellom profetane?» Då den profetiske gløden hadde sige av Saul, og han kom til offerhaugen i Gibea, sa farbror hans til han og tenestguten hans: «Kvar har de vore?» Han svara: «Vi har vore av og leita etter eselhoppene, og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.» Då sa farbroren: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.» Saul svara: «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rettes.» Men det som Samuel hadde sagt om kongedømet, nemnde han ikkje for farbroren. Sidan kalla Samuel folket saman til Herren, i Mispa. Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå egyptarveldet og frå alle dei andre rika som trælka dykk. Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og sagt: Nei, du skal setja ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens åsyn, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein!» Så lét Samuel alle Israels ætter stiga fram, og med loddkasting vart Benjamins-ætta utteken. Så lét han Benjamins-ætta koma fram, grein for grein, og Matri-greina vart utteken. Sidan fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han. Då vende dei seg til Herren att og spurde: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg mellom føringsvognene.» Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre. Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Då jubla heile folkemengda og sa: «Leve kongen!» Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok, som han la ned for Herrens åsyn. Sidan bad han farvel med folket, og dei fór heim, kvar til sitt. Saul fór òg heim til Gibea, og med han fylgde det nokre stridsmenn, som Gud hadde skote det i hugen på. Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Og dei vanvørde han og kom ikkje med hyllingsgåve til han. Men han lest ikkje merka det. Ammonitten Nakasj gjorde ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Då sa Jabesj-buane til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.» Men ammonitten Nakasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auga på kvar av dykk, til vanære for heile Israel.» Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar, så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.» Då sendemennene kom til Sauls Gibea og bar fram ærendet sitt for folket, sette heile folket i å gråta. I same stunda kom Saul heim frå åkeren og dreiv oksane føre seg. Han spurde kva som var i vegen med folket, sidan dei gret. Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt. Då Saul høyrde det, kom Guds Ande over han, og han vart brennande harm. Han tok to oksar, hogg dei sund og sende stykka kring i heile Israel med bodberarar som skulle seia: «Så skal dei gjera med oksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden.» Då kom det ei redsle frå Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein. Han mønstra dei ved Besek. Det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar. Så sa dei til bodberarane som var komne: «Sei til folket i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å heta, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og fortalde Jabesj-buane dette, vart dei glade. Og dei sa til Nakasj: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de synest.» Dagen etter delte Saul folket i tre flokkar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren og hogg ned ammonittane; dei heldt ikkje opp før midt på heitaste dagen. Dei som slapp unna, vart spreidde; det var ikkje att to mann på same staden. Då sa folket til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Hit med karane, så vi kan få drepa dei!» Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag har Herren gjeve Israel siger.» Og Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!» Så fór alt folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn. Dei bar fram måltidsoffer for Herrens åsyn, og Saul og alle israelittane gledde seg storleg. Sidan sa Samuel til heile Israel: «No har eg gjort dykk til viljes i alt de har bede meg om, og sett ein konge over dykk. Heretter er det kongen som skal vera styraren dykkar. Eg er gamal og grå, og sønene mine er mellom dykk. Frå eg var ung og til denne dag har eg vore styraren dykkar. Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke okse eller esel frå? Er det nokon eg har gjort urett eller fare hardt med? Er det nokon eg har teke imot gåver av, så eg skulle lata att augo for eitkvart? Om så er, vil eg gje dykk vederlag.» Dei svara: «Du har korkje gjort oss urett eller fare hardt med oss eller teke imot gåver av nokon.» Då sa han til dei: «Så er Herren vitne mot dykk, og den han har salva, er i dag vitne på at de ikkje har funne skuld hjå meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.» Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som lét Moses og Aron stå fram, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt. Stig no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens åsyn og fortelja dykk om alle dei frelsesverk Herren har gjort mot dykk og fedrane dykkar. Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut or Egypt og lét dei få bu her i landet. Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei over til Sisera, hærføraren i Hasor, til filistarane og til Moab-kongen. Alle desse kom og stridde mot dei. Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda. Vi har gått bort frå Herren og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta. Men frels oss no frå fiendane våre, så skal vi tena deg.» Så sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane dykkar rundt ikring, så de kunne bu trygt. Men då de såg at Nakasj, kongen i Ammon, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar. Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. Herren har sett ein konge over dykk. Vil de no ottast Herren, tena og lyda han og ikkje setja dykk opp mot hans ord, men fylgja Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt. Men vil de ikkje lyda Herren, og set de dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand råka dykk som ho råka fedrane dykkar. Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for augo på dykk! Som de veit, har vi i desse dagar kveiteskurden. No vil eg ropa til Herren, så sender han torever og regn. Då skal de skjøna og sjå kor stor ei synd de gjorde i Herrens augo då de kravde ein konge. Så ropa Samuel til Herren, og han sende torever og regn den dagen. Då fekk alt folket stor age for Herren og for Samuel, og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud for tenarane dine! Elles må vi døy. For attåt alle dei andre syndene våre har vi gjort den misgjerning å krevja ein konge.» Då sa Samuel til folket: «Ver ikkje redde! Visst har de gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje frå Herren, men ten han av heile dykkar hjarta! Vik ikkje frå han! Fylg ikkje gagnlause gudar, som korkje kan hjelpa eller frelsa; reine inkjevetta er dei. For sitt store namn skuld vil Herren ikkje støyta folket sitt frå seg. For han har sett seg føre å gjera dykk til sitt folk. Og eg, aldri skal eg gjera slik ei synd mot Herren som å halda opp med å be for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen. Ha berre age for Herren, og ten han trufast og heilhjarta! Sjå kor store ting han har gjort for dykk! Men gjer de det som vondt er, kjem de til å gå til grunne, både de og kongen dykkar.» Saul var tretti år gamal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år. Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. Av dei hadde han to tusen hjå seg ved Mikmas og i Betel-heiane, og eitt tusen var med Jonatan ved Gibea i Benjamin. Resten av folket sende han heim att. Jonatan slo i hel vaktpostane åt filistarane i Gibea. Då filistarane fekk melding om det, sa dei: «Hebrearane har gjort opprør.» Men Saul lét hornet ljoma over heile landet. Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel vaktpostane åt filistarane, og at filistarane hadde vorte hatige på israelittane. Då vart folket kalla ut; dei skulle fylgja Saul til Gilgal. Filistarane samla seg til strid mot Israel; dei hadde tre tusen vogner og seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei kom og slo leir ved Mikmas, midt for Bet-Aven. Då no israelittane såg kva fare dei var i fordi fiendehæren trengde på, gøymde folket seg i holer, hellerar og bergskorter, i kjellarar og brunnar. Nokre av dei rømde over Jordan til Gad- og Gilead-landet. Saul var framleis i Gilgal, og alt folket fylgde han, skjelvande av redsle. Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul. Då sa han: «Kom hit med brennofferet og måltidsofferet!» Så bar han fram brennofferet. Men då han det hadde gjort, kom Samuel. Saul gjekk til møtes med han og ville helsa han velkomen. Men Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket tok til å spreia seg og gå frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg ved Mikmas. Då tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg før eg har fått be Herren om velvilje. Så våga eg meg til å bera fram brennofferet.» Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider. Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarta. Og han har Herren kalla til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde deg etter det Herren baud deg.» Så gjorde Samuel seg ferdig; han tok ut frå Gilgal og fór opp til Gibea i Benjamin. Då Saul mønstra folket som hadde samla seg rundt han, var det om lag seks hundre mann. Saul og Jonatan, son hans, låg ved Geba i Benjamin med det folket som hadde samla seg rundt dei, og filistarane hadde slege leir ved Mikmas. Frå filistarleiren drog det ut ein herjeflokk. Han var delt i tre lag. Eitt lag tok vegen mot Ofra i Sjual-bygda, eitt stemnde mot Bet-Horon og eitt mot den bygda som ligg ovanfor Hyenedalen, bort imot øydemarka. Den gongen fanst det ikkje ein smed i heile Israel. For filistarane ville ikkje at hebrearane skulle laga seg sverd og spyd. Difor laut kvar israelitt fara ned til filistarane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller eit plogskjer, ei øks eller ein sigd. Prisen var to tredjedels sekel for plogjern og plogskjer og ein tredjedels sekel for høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på ein stav. Såleis hadde det seg at den dagen slaget stod, fanst det korkje sverd eller spyd hjå nokon av dei som fylgde Saul og Jonatan. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen. Filistarane lét ein forpost rykkja fram til Mikmas-skaret. Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til filistarforposten der borte på hi sida!» Men han nemnde det ikkje for far sin. Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann. Der var òg Akia, son til Akitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo; det var han som då bar efoden. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått. På kvar side av skaret der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne. Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt for Mikmas, den andre på sørsida, midt for Geba. Så sa Jonatan til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Herren hjelper oss nok. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.» Våpensveinen svara: «Gjer alt det du har i tankar. Gå berre på! Eg fylgjer deg kvar du vil.» Då sa Jonatan: «No går vi bortover til karane, så langt at dei får auga på oss. Seier dei då: Stå stille til vi kjem bortåt dykk, så stoggar vi der vi er, og går ikkje opp til dei. Men seier dei: Kom opp til oss, så tek vi det til teikn på at Herren har gjeve dei i vår hand, og vi går opp.» Då filistarane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or holene dei har gøymt seg i.» Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpensveinen hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpensveinen: «Fylg meg, for Herren har gjeve dei i Israels vald.» Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpensveinen fylgde. Jonatan hogg dei ned, og våpensveinen kom etter og gjorde det av med dei. I dette fyrste åtaket som Jonatan og våpensveinen hans gjorde, felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag. Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Jamvel forposten og herjeflokken skalv av skrekk, og jorda riste. Det var Gud som slo alle med redsle. Vaktpostane til Saul i Gibea i Benjamin såg at fiendehæren var i oppløysing og bylgja hit og dit. Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som vantar.» Så heldt dei mønstring, og det synte seg at Jonatan og våpensveinen hans var borte. Då sa Saul til Akia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hjå israelittane. Men medan Saul tala med presten, auka ståket i filistarleiren meir og meir, og han sa til presten: «Nei, lat det vera!» Så samla Saul alt folket sitt. Men då dei kom dit striden stod, fekk dei sjå at filistarane hadde vendt sverda mot kvarandre, og alt var i røre. Dei hebrearane som til no hadde stått under filistarane, og som hadde vore med dei på hærferdene deira, gjekk over til israelittane som fylgde Saul og Jonatan. Då dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraims-fjella, fekk høyra at filistarane hadde rømt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg. Såleis hjelpte Herren Israel den dagen. Striden breidde seg bort imot Bet-Aven, og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna vere den som tek til seg mat før det vert kveld og eg har fått hemn over fiendane mine!» Difor var det ingen i hæren som smaka mat. På marka var det vokskaker med honning i. Då folket kom over vokskakene, såg dei at dei var fulle av honning; men ingen tok noko av det i munnen. Slik age hadde folket for eiden. Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, og stakk enden på han ned i ei vokskake og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i augo. Ein av mennene tok til ords og sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna vere den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er trøytte.» Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre korleis eg fekk att glansen i augo då eg smaka litt på denne honningen. Kor mykje større hadde ikkje mannefallet vorte hjå filistarane dersom folka i dag hadde fått eta seg mette av hærfanget dei har teke frå fienden.» Den dagen slo dei filistarane og forfylgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men då var folka reint utmødde. Dei kasta seg over hærfanget, tok sauer og oksar og kalvar, slakta dei på marka og åt kjøtet med blodet i. Det kom nokre menn til Saul og sa: «Folket syndar mot Herren; dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause; velt no hit ein stor stein!» Så sa han: «Gå ikring mellom folket og sei til dei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta og eta dei her. Dermed treng dei ikkje eta kjøt med blod i og såleis synda mot Herren.» Då kom kvar mann i hæren med oksen sin og slakta han der om natta. Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det fyrste altaret han bygde for Herren. Sidan sa Saul: «Lat oss setja etter filistarane i natt og herja mellom dei til dagen renn. Lat oss øyda dei ut til siste mann!» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss fyrst stiga fram for Gud!» Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistarane? Vil du gje dei i Israels vald?» Men Gud svara han ikkje den gongen. Då sa Saul: «Kom hit, alle hovdingar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag. For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han. Då sa han til heile Israel: «Stå de på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.» Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt. Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min!» Og loddet fall på Jonatan. Då sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning på enden av staven som eg hadde i handa, og smaka på den. Her står eg; eg er budd på å døy.» Saul sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om du ikkje må døy etter dette, Jonatan.» Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det må aldri henda! Så sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet hans! For det er med Guds hjelp han har gjort det han har gjort i dag.» Såleis berga folket Jonatan, og han slapp døy. Så drog Saul oppetter og forfylgde ikkje filistarane meir, og filistarane fór heim til sitt land. Då Saul hadde fått kongsmakt i Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistarane. Og kvar han vende seg, vann han siger. Saul gjorde storverk; han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra det. Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer; den eldste heitte Merab og den yngste Mikal. Kona til Saul heitte Akinoam; ho var dotter til Akima’as. Hærføraren hans heitte Abner; han var son til Ner, Sauls farbror. For Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner til Abiel. Striden mot filistarane var hard så lenge Saul levde. Og når Saul såg sterke og djerve menn, tok han dei i si teneste. Ein dag sa Samuel til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Lyd no Herrens ord! Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil straffa amalekittane for det dei gjorde mot Israel, at dei la hindringar i vegen for israelittane då dei drog opp frå Egypt. Dra no ut og slå amalekittane, og bannlys alt det dei eig! Vis ikkje medkjensle, men drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!» Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela’im. Det var to hundre tusen mann, og av dei var ti tusen frå Juda. Då Saul kom til byen åt amalekittane, la han folk i bakhald nede i dalen. Og til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de gjorde vel mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane. Saul slo amalekittane og forfylgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg austanfor Egypt. Han fanga amalekittkongen Agag levande. Og alt folket bannstøytte han og hogg dei ned med sverd. Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Dei sparte alt som var noko verdt, og ville ikkje bannstøyta det. Men alt fe som var ringt og verdilaust, det bannstøytte dei. Då kom Herrens ord til Samuel, og det lydde så: «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge; for han har vendt seg bort frå meg og ikkje halde seg etter mitt ord.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta. Morgonen etter stod han tidleg opp og ville fara til møtes med Saul. Han fekk høyra at Saul var komen til Karmel og hadde reist seg eit minnesmerke der. Så hadde han snutt og fare nedetter til Gilgal. Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna vere du av Herren! Eg har halde meg etter Herrens ord.» Men Samuel sa: «Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?» Saul svara: «Det er nokre krøter dei har teke frå amalekittane og drive hit. Folket sparte det beste av småfeet og storfeet, av di dei ville ofra det til Herren din Gud; men resten har vi bannstøytt.» Då sa Samuel til Saul: «Hald opp, så skal eg kunngjera deg kva Herren tala til meg i natt.» «Tal!» svara Saul. Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel. Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei! Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?» Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane. Men folket tok noko småfe og storfe av hærfanget, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.» Då sa Samuel: «Trur du Herren har hugnad i brennoffer og slaktoffer så som i lydnad ¬mot Herrens ord? Nei, lydnad er betre ¬enn slaktoffer, og viljug hug er betre ¬enn verefeitt. Trass er jamgodt ¬med spådoms-synd, og stridlynde ¬er som avgudsdyrking. Fordi du har vraka Herrens ord, har han vraka deg som konge.» Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei. Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.» Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.» Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.» Saul svara: «Eg har synda. Men vis meg likevel den ære framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel at du er med meg attende! Så vil eg tilbe Herren din Gud.» Då gjekk Samuel med han attende, og Saul tilbad Herren. Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg!» Skjelvande steig Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!» Men Samuel svara: «Som sverdet ditt ¬har gjort kvinner barnlause, skal mor di verta barnlaus, ¬framom andre kvinner.» Så hogg Samuel Agag ned for Herrens åsyn i Gilgal. Med så gjort gav han seg på veg til Rama, og Saul fór heim att til Sauls Gibea. Sidan ville ikkje Samuel sjå Saul meir så lenge han levde; for han syrgde over Saul. Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel. Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du syrgja over Saul? Eg har då vraka han og vil ikkje ha han til konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og far i veg! Eg sender deg til Isai i Betlehem; for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.» Men Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige, og sei at du kjem og vil ofra til Herren. Bed så Isai til offerhøgtida! Sidan vil eg seia deg kva du skal gjera, og den eg då nemner, skal du salva for meg.» Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida. Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.» Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama. Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som skræmde han. Då sa mennene åt Saul til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skræmer deg. Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine, som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når så den vonde ånda frå Gud kjem over deg, skal han spela; då letnar det for deg.» Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!» Då sa ein av dei unge mennene: «Eg kjenner ein son til Isai frå Betlehem, som kan spela. Han er ein sterk og djerv krigar og god til å tala for seg. Han er ein staseleg kar, og Herren er med han.» Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjæter småfeet!» Då tok Isai eit esel, kløvja det med brød, ei hit med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul. Såleis kom David til Saul og gav seg i teneste hjå han. Og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin. Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hjå meg! For eg likar han.» Når så ånda frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela. Då letna det for Saul; han kjende seg betre, og den vonde ånda fór frå han. Då det leid av ei tid, samla filistarane hærane sine til strid. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir attmed Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka. Saul og israelittane samla seg òg. Dei slo leir i Terebintedalen og fylka seg til strid mot filistarane. Filistarane stod i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre, så dalen var mellom dei. Best det var, kom det fram ei holmgangskjempe frå filistarfylkinga. Mannen heitte Goliat og var frå Gat. Han var over ni fot høg. På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse, som vog fem tusen sekel. På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han eit kastespyd av bronse. Spydskaftet var tjukt som ein vevbom, og spydodden var av jern og vog seks hundre sekel. Skjoldberaren gjekk føre han. Goliat steig fram og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og fylkar dykk til strid? Er ikkje eg ein filistar og de trælane åt Saul? Vel ut ein mann, og send han ned til meg! Kan han strida med meg og fella meg, skal vi vera trælane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre trælar og tena oss.» Og filistaren heldt fram: «I dag har eg spotta Israels fylking. Send hit ein mann, så skal vi strida mot kvarandre.» Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, stokk dei til og vart fælande redde. David var son til Isai, som tilhøyrde Efrata-ætta frå Betlehem i Juda. Den mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamal og skral. Dei tre eldste sønene hans hadde fylgt Saul i krigen. Av desse tre sønene som hadde gått med i krigen, heitte den eldste Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma. David var den yngste. Dei tre eldste hadde fylgt Saul, men David gjekk ofte heim att frå Saul og gjætte småfeet åt far sin i Betlehem. Morgon og kveld steig filistaren fram; i førti dagar baud han seg fram til strid. Då sa Isai til David, son sin: «Ta ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda som brørne dine skal ha, og skunda deg til leiren, til brørne dine, med det! Og desse ti ostestykka skal du ha med til føraren for hærflokken. Sjå så etter korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit pant frå dei! Dei og alle dei andre israelittane er hjå Saul i Terebintedalen og strider mot filistarane.» Morgonen etter stod David tidleg opp og fekk ein annan til å gjæta småfeet. Så tok han det han skulle ha med, og gav seg i veg, som Isai hadde sagt til han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og fylka seg, og krigsropet ljoma. Både israelittane og filistarane stod budde til strid, fylking mot fylking. David la tinga sine frå seg hjå han som hadde tilsyn med føringsvognene. Så sprang han bort til fylkinga, fann brørne sine og helsa på dei. Best han stod og tala med dei, kom holmgangskjempa, filistaren Goliat frå Gat, fram or filistarfylkinga og heldt den vanlege talen sin, og David høyrde det. Alle israelittane rømde unna då dei såg mannen; dei var fælande redde. Men ein av dei sa: «Ser de den karen som kjem fram der? Han vil spotta Israel; det er det han kjem for. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og ætta hans skal vera friteken for skatt i Israel.» Då spurde David dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren, som vågar å spotta fylkingane åt den levande Gud?» Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få, den som feller kjempa. Då Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om, vart han harm på David og sa: «Kva vil du her? Og kven har du fått til å gjæta den vesle saueflokken uti øydemarka? Eg kjenner dei store tankane dine og veit kor vond du er. Du er komen hit ned og vil sjå på slaget.» «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål.» Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen. Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk òg høyra det. Han sende bod etter han, og David sa til Saul: «Ingen må missa motet! Tenaren din skal gå og strida med denne filistaren.» Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og strida med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.» Då sa David: «Tenaren din har ofte gjætt småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok ein sau i flokken, sprang eg etter udyret, slo det og reiv sauen ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel. Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har spotta fylkingane åt den levande Gud.» Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok berga meg frå denne filistaren òg.» Då sa Saul til David: «Gå du! Herren vil vera med deg.» Så lét han David få si eiga rustning, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje. David batt sverdet hans om seg utanpå kleda og ville til å gå. Men han hadde aldri prøvt det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg,» sa han til Saul; «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg og tok staven sin i handa. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i gjætartaska som han hadde med seg. Og slyngja si hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren. Imedan kom filistaren nærare og nærare bort imot David, og skjoldberaren gjekk føre han. Då filistaren såg fram for seg, fekk han auga på David, men vørde han ikkje. For David var berre ungguten, raudleitt og ven å sjå til. «Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved guden sin. Så sa han: «Kom hit til meg, så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.» David svara: «Du kjem imot meg med sverd og lanse og kastespyd; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som er Gud for Israels fylkingar, han som du har spotta. I denne dag vil Herren gje deg i mi hand; eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og villdyra på jorda, så heile verda kan skjøna at Israel har ein Gud. Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rår for krigen, og han skal gje dykk i vår makt.» Då no filistaren fór opp og kom bort imot David, sprang David brått fram frå fylkinga, mot filistaren. Han stakk handa ned i taska og tok opp ein stein, kasta han med slyngja og råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda. Såleis vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa. Med så gjort sprang David bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han. Med det same filistarane såg at kjempa deira var død, rømde dei. Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfylgde dei til bort imot Gat og heilt til portane i Ekron. Det låg falne filistarar langs vegen frå Sja’arajim heilt til Gat og Ekron. Så forfylgde ikkje israelittane filistarane lenger, men drog attende og plyndra leiren deira. David tok hovudet åt filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt. Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Kven sin son er den guten, Abner?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.» Kongen sa: «Finn ut kven sin son den ungguten er!» Då David kom att og hadde felt filistaren, tok Abner og førte han fram for Saul, medan han endå heldt hovudet åt filistaren i handa. Og Saul spurde: «Kven sin son er du, gut?» David svara: «Eg er son til Isai, tenaren din, i Betlehem.» Då Jonatan hadde høyrt samtalen mellom David og Saul, drogst hugen hans til David, og han fekk han så kjær som sitt eige liv. Same dagen tok Saul han til seg og lét han ikkje få fara heim att meir. Og Jonatan gjorde ei pakt med David, fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv. Han tok av seg kappa han hadde på, og gav henne til David, og like eins krigskleda, sverdet, bogen og beltet. Sidan drog David i hærferd, og han hadde lukka med seg kva ærend Saul så sende han i. Difor sette Saul han over stridsmennene, og han var vel omtykt av heile folket, jamvel av tenarane til Saul. Men så hende det då dei kom heim, då David kom attende etter at han hadde felt filistaren, at kvinnene gjekk ut frå alle byane i Israel og ville møta kong Saul med song og dans, med trommeslått, glederop og spel. Og medan dei spela og dansa, song dei: «Saul felte fiendar i tusental, men David i titusental.» Då vart Saul brennande harm. Han lika dette verset ille og sa: «Dei gjev David æra for titusentala, og meg for tusentala. No vantar det berre at han får kongedømet.» Frå den dagen såg Saul skeivt til David. Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul, og han vart reint frå seg inne i huset. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde, og Saul hadde eit spyd i handa. Best det var, svinga han spydet og tenkte: «Eg vil renna det gjennom David og inn i veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger. Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå. Difor sende Saul han frå seg og sette han til hovding over ei fylking på tusen mann. Sidan førte David hæren både ut i striden og heim att. David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre; for Herren var med han. Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå reddare han. Men heile Israel og Juda heldt av David; for han førte dei både ut i striden og heim att. Ein dag sa Saul til David: «Sjå, her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gje deg til kone. Lat meg berre få sjå at du er ein djerv kar, som fører Herrens krigar.» For han tenkte: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistarane gjera.» David svara: «Kven er vel eg, og kven er frendane mine, farsætta mi, i Israel, sidan eg skal verta verson til kongen?» Men då tida kom at David skulle få Merab Saulsdotter, vart ho gift med Adriel frå Mehola. Men Mikal, dotter til Saul, hadde fått David kjær. Då Saul fekk vita det, lika han det godt. «Han skal få henne,» tenkte Saul. «Ho skal verta ei snare for han, så han fell i filistarhand.» Difor sa Saul til David andre gongen: «Du skal verta verson min.» Og til mennene sine sa han: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta verson til kongen.» Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Synest de det er så lite verdt å vera verson til kongen at ein fattig og lågætta mann som eg kan verta det?» Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara. Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje ynskjer anna festargåve enn førehuda av hundre filistarar; såleis vil han hemna seg på fiendane sine.» Men Saul tenkte med seg: «Då kjem filistarane til å drepa David.» Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, gledde det han å høyra at han skulle verta verson til kongen. Og før tida var ute, gjorde David seg ferdig og drog av stad med mennene sine. Han slo i hel to hundre filistarar, tok førehudene deira med seg og la dei alle fram for kongen, så han kunne verta verson hans. Då lét Saul han få Mikal, dotter si, til kone. No såg Saul at Herren var med David, og han skjøna at Mikal, dotter hans, heldt av han. Då vart han endå reddare David og var hans fiende all sin dag. Filistarhovdingane gjorde ofte hærferder. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn. Ein gong tala Saul med Jonatan, son sin, og med alle mennene sine om å få David drepen. Men Jonatan, son til Saul, hadde David kjær. Difor fortalde han dette til David og sa: «Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Ta deg i vare i morgon tidleg! Finn deg ein gøymestad og hald deg der! Så skal eg gå ut på marka der du er, stå attmed far og tala med han om deg. Og merkar eg noko, skal eg seia deg det.» Jonatan tala vel om David for Saul, far sin, og sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin; for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg. Han våga livet og felte filistaren, og Herren lét heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då gjera synd mot skuldlaus mann og drepa David utan grunn?» Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever: Han skal ikkje missa livet!» Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman. Sidan leidde han David fram for Saul, og David vart verande hjå han som før. Men ufreden varte ved, og David drog ut og stridde mot filistarane. Han felte ei mengd av dei, og dei rømde for han. Då kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa, og David spela på harpa. Saul prøvde å renna spydet gjennom David og inn i veggen. Men David bøygde seg unna, og spydet fór i veggen. Då rømde David og kom seg bort. Same natta sende Saul nokre menn til Davids hus. Dei skulle vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Bergar du deg ikkje unna i natt, vert du drepen i morgon.» Så firte ho han ned frå vindauga, og han rømde og kom seg bort. Sidan tok Mikal husguden og la opp i senga. Ho la eit teppe av geiteragg attmed hovudet hans og breidde eit åklede over. Då Saul sende folk som skulle henta David, sa ho: «Han er sjuk.» Så sende Saul same mennene av stad for at dei skulle sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga! Han skal døy.» Men då mennene kom inn, fekk dei sjå at det var husguden som låg i senga med raggteppet attmed hovudet. Då sa Saul til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Lat meg få sleppa bort, elles drep eg deg.» Då David hadde rømt og kome seg unna, fór han til Samuel i Rama og fortalde korleis Saul hadde bore seg åt mot han. Så gjekk han og Samuel til Nevajot og gav seg til der. Med det same Saul fekk vita at David var i Nevajot ved Rama, sende han nokre menn dit som skulle henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framføre dei, kom Guds Ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg. Då Saul fekk vita om det, sende han andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Tredje gongen sende Saul folk dit, men dei kom i profetisk glød, dei òg. Til sist gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brunnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.» Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds Ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama. Då reiv Saul av seg kleda, liksom dei andre, og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød, til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?» David rømde frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din, sidan han vil ta livet av meg?» Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje missa livet! Far min gjer då aldri noko, anten stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då dølja dette for meg? Nei, det er ikkje så.» Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du har godvilje for meg. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita; det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.» Då sa Jonatan til David: «Alt det du ynskjer, skal eg gjera for deg.» David svara: «I morgon er det nymånedagen. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men gjev du meg lov til å fara, går eg og gøymer meg ute på marka til tredje kvelden. Skulle så far din sakna meg, må du seia: David bad meg om lov til å fara heim til Betlehem som snarast; for der held heile ætta den årlege offerfesten sin. Seier han då: Det er godt, så kan tenaren din vera trygg. Men vert han sint, kan du vera viss på at han har sett seg føre å gjera meg noko vondt. Gjer då vel mot tenaren din, sidan du har late meg gjera venskapspakt med deg i Herrens namn. Men har eg gjort meg skuldig i noko brot, så drep meg! Kvifor skulle du føra meg til far din?» Jonatan svara: «Det skal aldri henda! Skjønar eg at far min er meint på å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.» Då spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit ublidt svar?» Jonatan sa: «Kom lat oss gå ut på marka!» Så gjekk dei ut på marka, dei to. Der sa Jonatan til David: «Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon på denne tid skal eg få greie på kva far min har i tankar. Anten det då ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg få vita det. Herren la det gå meg ille både no og sidan dersom far min finn for godt å føra ulukke over deg, og eg ikkje varslar deg og hjelper deg til å koma unna, så du kan fara din veg i fred. Herren vere med deg, som han har vore med far min. Så lenge eg lever, må du visa den same godhug for meg som Herren. Og når eg døyr, så ta aldri godviljen din frå ætta mi! Når Herren har rudt ut alle Davids fiendar frå jorda, gjev då at Jonatans namn ikkje vert utrudt, men får leva saman med Davids ætt! Gjev Herren må ta hemn over Davids fiendar!» Så gjorde Jonatan endå ein gong eiden sin til David, fordi han heldt av han; han hadde David inderleg kjær. Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymånedagen, og dei kjem til å sakna deg når dei ser at plassen din er tom. Men i overmorgon vil dei sakna deg endå meir. Då skal du gå til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og setja deg attmed steinrøysa der. Så skal eg skyta tre piler den vegen, som om eg skaut til måls, og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg hitanfor deg, henta dei! så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare. Men seier eg til guten: Pilene ligg bortanfor deg, så far din veg! For då vil Herren at du skal fara bort. Når det gjeld den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, så er Herren for alltid vitne mellom meg og deg.» Så gøymde David seg ute på marka. Då nymånedagen kom, sette kongen seg til bords og skulle eta. Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg midt for han, og Abner sat ved sida av Saul; men plassen til David stod tom. Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han eitkvart, så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.» Men då plassen til David stod tom andre dagen òg, dagen etter nymåne, då sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor har ikkje Isai-sonen kome til måltidet anten i går eller i dag?» Jonatan svara: «David bad meg om lov til å fara til Betlehem. Kjære, lat meg få fara, sa han, for ætta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Har du godvilje for meg, så lat meg få fara heim og helsa på frendane mine! Såleis har det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.» Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: «Du son til ei ring og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen, til skam for deg sjølv og til skam for mor di som fødde deg! Så lenge Isai-sonen er til på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og henta han hit til meg; han skal døy!» Jonatan svara: «Kvifor skal han døy? Kva gale har han gjort?» Men Saul svinga spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David. Han reiste seg frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Han hadde vondt av David, fordi far hans hadde spotta han. Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka på den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein smågut med seg. Han sa til guten: «Spring og finn dei pilene eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han ei pil bortom han. Og då guten kom til den staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?» Og så ropa han: «Skunda deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til husbonden sin. Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette hadde på seg. Så gav Jonatan våpna sine til guten og sa til han: «Gå inn til byen med dette!» Då guten hadde gått, kom David fram frå gøymestaden bak steinrøysa og kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. Så kyste dei kvarandre og gret, dei to. Og Jonatan sa til David: «Far i fred! Når det gjeld det vi to har svore einannan i Herrens namn, skal Herren for alltid vera vitne om pakta mellom meg og deg og mellom mi ætt og di ætt.» Så tok David ut og fór sin veg, og Jonatan gjekk heim til byen. No fór David til presten Akimelek i Nob. Då kom Akimelek skjelvande imot han og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?» David svara: «Kongen gav meg eit ærend å greia. Men samstundes sa han til meg: Ingen må få vita noko om det ærendet eg sender deg i og har sett deg til å greia. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad. Har du noko mat for handa, så lat meg få det – fem-seks brød eller det som måtte finnast.» Presten sa til David: «Vanleg brød har eg ikkje, men vigsla brød kan du få – berre mennene dine har halde seg frå kvinner!» David svara: «Ver trygg, kvinner har vi ikkje hatt høve til å vera saman med i fleire dagar. Då eg tok ut, var mennene reine, endå det er ei vanleg ferd vi gjer. Kor mykje meir må dei ikkje då vera reine i dag?» Så gav presten han vigsla brød. For det fanst ikkje anna brød der enn skodebrøda, som hadde lege for Herrens åsyn, men vorte borttekne, så nytt brød kunne leggjast fram same dagen som det gamle vart utskift. Den dagen laut ein av mennene til Saul halda seg inne, for Herrens åsyn. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den sterkaste av gjætarane til Saul. Så sa David til Akimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.» Presten svara: «Jau, sverdet åt filistaren Goliat, som du slo i hel i Terebintedalen, heng bak efoden, sveipt i eit klede. Vil du ha det, så ta det! Det er ikkje noko anna sverd her.» David sa: «Det finst ikkje maken til det; lat meg få det!» Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Og han kom til Akisj, kongen i Gat. Mennene åt Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje han kvinnene song om medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusental, men David i titusental?» David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd for Akisj, kongen i Gat. Difor skapte han seg galen og slo seg vill når dei kom nær han; han tromma på portdørene og sikla i skjegget. Då sa Akisj til mennene sine: «De ser då at mannen er frå vitet. Kvifor kjem de til meg med han? Har eg ikkje nok av galne folk, sidan de kjem hit med han der, så eg skal plagast med galskapen hans? Skulle slik ein få koma i mitt hus?» Så fór David bort frå Gat og rømde til hola ved Adullam. Då brørne hans og alle dei andre i ætta fekk høyra det, kom dei ned til han der. Og allslags menneske som var komne i naud, alle gjeldbundne og misnøgde, flokka seg om han, og han vart hovdingen deira. Det var om lag fire hundre mann som var med han. Derifrå drog David til Mispe i Moab, og han sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få bu hjå dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.» Så lét han dei vera hjå kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga. Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje gje deg til i fjellborga lenger. Far bort og kom deg heim til Juda!» Då tok David ut og kom til Haret-skogen. Saul fekk høyra at folk hadde sett David og dei mennene som var med han. Så var det ein dag Saul sat under tamariska på offerhaugen i Gibea med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han. Då sa han til mennene som stod der: «Høyr her, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorder og vingardar og setja dykk til hovdingar over fylkingar på tusen og på hundre? De har då alle svore dykk i hop mot meg. Ingen av dykk varsla meg då son min gjorde pakt med Isai-sonen. Ingen hadde medkjensle med meg og varsla meg då son min sette min eigen tenar opp imot meg, så han ligg i bakhald mot meg, som han no gjer.» Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Akimelek, son til Akitub, i Nob. Og Akimelek bad Herren om råd for han, gav han reisekost og lét han få sverdet åt filistaren Goliat.» Så sende kongen bod etter presten Akimelek, son til Akitub, og heile ætta hans, prestane i Nob. Dei møtte alle fram for kongen, og Saul sa: «Høyr her, du Akitubsson!» Han svara: «Ja, herre.» Då sa Saul til han: «Kvifor har de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Kvifor gav du han mat og våpen og bad Gud om råd for han, så han kunne setja seg opp imot meg og liggja i bakhald mot meg, som han no gjer?» Akimelek svara: «Kven av alle mennene dine har så stor tillit som David? Han er verson til kongen, hovding over livvakta og høgt vørd i huset ditt. Dette er ikkje fyrste gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå! Kongen må ikkje klaga meg eller nokon i ætta mi for det. For eg har ikkje visst det minste om det.» Men kongen sa: «Du skal døy, Akimelek, både du og heile ætta di.» Så sa han til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei òg held med David. Dei visste at han var på røming, men varsla meg ikkje.» Men kongsmennene ville ikkje lyfta ei hand for å hogga ned Herrens prestar. Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg ned prestane!» Så gjekk Doeg frå Edom fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar presteskrud av lin. Sidan øydde kongen prestebyen Nob med odd og egg. Både menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer drap han med sverd. Berre ein av sønene til Akimelek Akitubsson – Abjatar heitte han – slapp unna. Abjatar rømde til David, og han fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar. Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han ville seia det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i ætta di. Slå deg til hjå meg, og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hjå meg er du trygg.» Folk kom til David og sa: «Filistarane er farne i hærferd mot Ke’ila, og dei ranar kornet på treskjevollane.» Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra ut og slå desse filistarane?» Herren svara: «Dra ut og slå filistarane og fria ut Ke’ila!» Men mennene åt David sa til han: «Vi er ikkje trygge her i Juda. Og så skulle vi fara til Ke’ila, mot filistarfylkingane!» Endå ein gong spurde David Herren til råds, og Herren svara: «Ta ut og far ned til Ke’ila! Eg vil gje filistarane i di hand.» Så fór David med mennene sine til Ke’ila og stridde mot filistarane. Dei felte mange og drog av med feet deira. Såleis berga David folket i Ke’ila. – Då Abjatar, son til Akimelek, rømde til David og fylgde han til Ke’ila, hadde han efoden med seg. Saul fekk melding om at David var komen til Ke’ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han har sjølv stengt seg inne i ein by med portar og bommar.» Så kalla Saul heile hæren saman til strid. Han ville fara ned til Ke’ila og kringsetja David og mennene hans. Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Kom hit med efoden!» Sidan sa han: «Herre, Israels Gud! Eg, tenaren din, har høyrt at Saul etlar seg til Ke’ila og vil øydeleggja byen for mi skuld. Vil då Ke’ila-buane gje meg i hans hand? Kjem Saul hit ned, som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, lat tenaren din få vita det!» Herren svara: «Ja, han kjem.» Så spurde David: «Vil Ke’ila-buane gje meg og mennene mine i Sauls hand?» Herren svara: «Ja, dei vil.» Då tok David ut med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei fór bort frå Ke’ila og flakka ikring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke’ila, lét han vera å dra ut. Sidan heldt David til i øydemarka, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-øydemarka. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud laga det så at han ikkje fall i hans hand. David skjøna at Saul hadde drege ut og ville drepa han. Men medan han var i Horesja i Sif-øydemarka, tok Jonatan, son til Saul, ut og kom til han der. Han sette mot i David i Guds namn. «Ver ikkje redd!» sa han; «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal verta konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.» Så gjorde dei pakt med kvarandre for Herrens åsyn, dei to. Og David vart verande i Horesja, men Jonatan fór heim til seg. Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «David held seg løynd hjå oss i fjellborgene i Horesja, attmed Hakila-haugen, som ligg sør for Jesjimon. Så sant du har hug til å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.» Saul svara: «Herren velsigne dykk, fordi de har slik medkjensle med meg. Far no heim att og ver framleis på vakt! Spør dykk føre og sjå etter kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er ein luring. Fylg med og finn ut kva for ein av alle gøymestadene han held til i. Kom så attende til meg med påliteleg melding! Så skal eg vera med dykk, og er han så sant i landet, skal eg leita han opp mellom alle ættene i Juda.» Då tok dei ut og fór heim til Sif føre Saul. På den tid var David og mennene hans i Maon-øydemarka, på Araba-sletta, sør for Jesjimon. Saul og mennene hans drog av stad og ville leita etter han. Men David fekk greie på det og fór ned til berghamaren og heldt seg i Maon-øydemarka. Då Saul fekk vita det, sette han etter David ut i Maon-øydemarka. Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. Og David skunda seg for å sleppa unna Saul, medan Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei. Men best det var, kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skunda deg og kom! Filistarane har brote inn i landet.» Då heldt Saul opp med å forfylgja David og drog mot filistarane. Difor kallar dei den staden Skiljehamaren. Så fór David opp derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi. Då Saul kom heim etter hærferda mot filistarane, fekk han vita at David var i øydemarka ved En-Gedi. Då tok han med seg tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israels-folket, og drog av stad og ville leita etter David og mennene hans austanfor Steinbukk-hamrane. Og han kom til sauekveene attmed vegen. Der var det ei hole, og dit gjekk Saul inn i eige ærend. Men inst i hola sat David og mennene hans. Då sa mennene åt David til han: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din i di hand, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein snipp av kappa til Saul utan at han merka det. Men sidan fekk David vondt samvit, fordi han hadde skore snippen av kappa til Saul, og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot herren min, mot Herrens salvevigde, og leggja hand på han! For han er den som Herren har salva.» David tala mennene sine til rettes og gav dei ikkje lov til å ta på Saul. Då Saul gjekk ut or hola og ville fara sin veg, reiste David seg, fylgde etter han og ropa: «Herre konge!» Saul såg attom seg. Då bøygde David seg med andletet mot jorda, kasta seg ned og sa: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt? I dag har du då med eigne augo sett at Herren gav deg i mi hand i hola. Dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min; for han er den som Herren har salva. Sjå her, far, her har eg snippen av kappa di i handa! Når eg skar denne snippen av kappa di og ikkje drap deg, må du då sjå og skjøna at eg ikkje emnar på noko vondt eller på svik. Og eg har ikkje forbrote meg mot deg. Men du er etter meg og vil ta livet av meg. Herren skal døma mellom meg og deg; han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg. Det er som dei seier med eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men eg legg ikkje hand på deg. Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe! Så skal då Herren vera domar og døma mellom meg og deg. Han skal sjå til å føra mi sak og hjelpa meg til min rett mot deg.» Då David hadde tala desse orda til Saul, sa kongen: «Er det du som talar, David, son min?» Så sette han i og gret og sa til David: «Du er betre enn eg, for du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg. I dag har du synt meg kor god du er mot meg; du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand. Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han fara sin veg i fred? Gjev Herren må løna deg for det du har gjort mot meg i dag! No veit eg at du skal verta konge og halda kongedømet over Israel fast i di hand. Så sver då ved Herren at du ikkje vil rydja ut etterkomarane mine og ikkje stryka ut namnet mitt or farsætta mi!» Det svor David på. Så fór Saul heim att, og David og mennene hans gjekk opp til fjellborga. Ved det leitet døydde Samuel, og heile Israel samla seg og heldt syrgjehøgtid over han. Dei gravla han i huset hans i Rama. Så tok David ut og fór til Maon-øydemarka. I Maon var det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Det var ein svært rik mann; han åtte tre tusen sauer og tusen geiter. Nett då var han i Karmel på saueklypping. Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei vitug og ven kvinne, men mannen var vond og vrang i all si ferd. Han var av Kalebs-ætta. I øydemarka fekk David høyra at Nabal heldt på og klypte sauene sine. Då sende han ti unge menn av stad og sa til dei: «Far opp til Karmel, og når de kjem til Nabal, skal de helsa han frå meg og seia: Hell og lukke! Gjev det må gå godt både med deg og ætta di og med alt som ditt er! Eg har høyrt at dei held på og klypper hjå deg. No har gjætarane dine vore saman med oss; vi har aldri gjort dei noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for dei så lenge dei har vore i Karmel. Spør berre mennene dine, så vil dei fortelja deg det. Så ta då vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa!» Då mennene åt David kom til Nabal, helsa dei frå David og bar fram ærendet sitt; så stod dei og venta. Men Nabal svara: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange trælar som spring bort frå herrane sine. Og så skulle eg ta brødet og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klypper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar er ifrå!» Mennene snudde og gjekk sin veg, og då dei kom heim til David, fortalde dei han alt som hadde hendt. Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Dei så gjorde. David spente òg sverdet på seg, og så fylgde dei han opp, om lag fire hundre mann, medan to hundre vart att ved føringsvognene. Men ein av tenestgutane kom og fortalde dette til Abigajil, kona åt Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå øydemarka med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut. Og desse mennene har då vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute i marka. Dei var som ein mur ikring oss både natt og dag i all den tid vi heldt oss nær dei og gjætte småfeet. Så tenk deg no vel om kva du skal gjera! For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vrang at ingen torer tala til han.» Då var Abigajil snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar, fem mål steikt korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og la det på esla. Så sa ho til tenestgutane sine: «Far føre! Eg kjem snart etter.» Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ingenting. Som ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, kom David og mennene hans imot henne; ho støytte rett på dei. Men David hadde sagt: «Så er det reint til fånyttes at eg har gått her i øydemarka og vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han. Han har lønt godt med vondt. Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.» Med det same Abigajil fekk auga på David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han. Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia. Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. «Dåre» heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal. Ta imot denne gåva som tenestkvinna di har hatt med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine. Tilgjev tenestkvinna di at ho er så djerv. Herren skal sanneleg halda ætta di oppe. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje henda deg noko vondt så lenge du lever. Dersom nokon står fram og forfylgjer deg og vil ta livet av deg, skal Herren din Gud ta livet ditt i si varetekt, herre. Men livet åt fiendane dine skal han slengja bort som steinar or slyngja. Når då Herren gjer som han har sagt, og lèt deg få alt det gode han har lova deg, herre, og set deg til fyrste over Israel, då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha samvitsagg, herre, fordi du har drepe skuldlause menneske og teke deg sjølv til rettes. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestkvinna di, herre!» Då sa David til Abigajil: «Lova vere Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag! Velsigna vere ditt vit og velsigna vere du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rettes! Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville det ikkje ha vore att ein einaste mann av folket til Nabal når det dagast i morgon.» Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Far heim i fred! Eg har merka meg det du har sagt, og skal gjera det du bed om.» Då Abigajil kom heim att til Nabal, var det gjestebod i huset, eit gjestebod som hjå ein konge. Nabal hadde drukke mykje og var i godlag. Difor fortalde ho han ingenting før det vart morgon. Men om morgonen, då rusen hadde gått av Nabal, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjarta hans ville stogga, og han vart som ein stein. Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde. Då David fekk høyra at Nabal var borte, sa han: «Lova vere Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.» Så sende David bod og fridde til Abigajil; han ville ha henne til kone. Tenarane åt David kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne og sa: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone.» Då reiste ho seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Sjå, her er tenestkvinna di, den tenestkvinna som skal vaska føtene åt tenarane dine, herre.» Abigajil ferda seg til snøggast ho vann. Ho sette seg på eselet, og fem tenestjenter var med henne. Så fylgde ho sendemennene til David og vart kona hans. David hadde òg gift seg med Akinoam frå Jisre’el; begge vart dei konene hans. Men Saul hadde teke Mikal, dotter si, som var gift med David, og gjeve henne til Palti, son til Lajisj frå Gallim. Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd attmed Hakila-haugen, midt for Jesjimon.» Då tok Saul ut og fór ned til Sif-øydemarka og ville leita etter David, og med han var tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israel. Saul slo leir på Hakila-haugen, som ligg attmed vegen midt for Jesjimon. David heldt til i øydemarka, og då han skjøna at Saul var komen etter han dit, sende han ut speidarar og fekk vita for visst at Saul var der. Så tok David ut og kom til den staden der Saul hadde slege leir. Han såg kvar Saul og hærføraren hans, Abner Nersson, hadde lagt seg til ro. Sjølv låg Saul midt i leiren, og krigsfolket hadde lagt seg rundt ikring han. David tok til ords og spurde hetitten Akimelek og Abisjai, son til Seruja og bror til Joab: «Kven vil vera med meg ned i leiren til Saul?» Abisjai svara: «Eg vil vera med deg.» Då David og Abisjai kom bort til hæren om natta, fekk dei sjå at Saul låg og sov midt i leiren. Spydet hans var stukke ned i jorda attmed hovudet hans, og Abner og krigsfolket låg rundt ikring han. Abisjai sa til David: «I dag har Gud gjeve fienden din i di hand. Lat meg få renna spydet gjennom han og ned i jorda! Ein støyt er nok; meir trengst ikkje.» Men David svara: «Drep han ikkje! Kven kan ustraffa leggja hand på den som Herren har salva?» Og han heldt fram: «Så sant Herren lever: Herren skal sjølv slå han, anten no timen hans kjem, så han døyr, eller han dreg i hærferd og fell. Herren fri meg frå å leggja hand på den han har salva! Men ta spydet som står attmed hovudet hans, og vasskrukka, og lat oss gå vår veg!» Så tok David spydet og vasskrukka attmed hovudet til Saul, og dei gjekk sin veg. Ingen såg det, ingen merka det, og ingen vakna. Alle sov, for Herren hadde late ein tung svevn koma over dei. Sidan gjekk David over til den andre sida av dalen og stod på ein fjellknaus langt borte. Det var eit godt stykke veg mellom dei. Han ropa til hæren og til Abner Nersson: «Høyrer du meg, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar hit over til kongen?» David sa til Abner: «Du er ein mann som det ikkje finst maken til i Israel. Kvifor har du då ikkje halde vakt over herren din, kongen? Det har vore ein mann inne og vilja drepa kongen, herren din. Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever: De skulle døy alle saman, fordi de ikkje heldt vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå, her er spydet og vasskrukka til kongen! Dei stod attmed hovudet hans.» Saul kjende att målet til David og ropa: «Er det ditt mål eg høyrer, David, son min?» David svara: «Ja, herre konge.» Og han heldt fram: «Kvifor forfylgjer du tenaren din, herre? Kva gale har eg gjort? Kva vondt finn du hjå meg? Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har eggja deg opp imot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens åsyn, fordi dei no driv meg bort, så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg, og dyrk andre gudar! Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens åsyn! For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe, som dei jagar rapphøner i heiane.» Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom heim att, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. No ser eg at eg har bore meg uvitug åt og fare fælande vilt.» David svara: «Sjå her er spydet ditt, konge! Lat ein av mennene dine koma over og henta det! Herren løner den som er rettferdig og trufast. For det var Herren som gav deg i mi hand i dag; men eg ville ikkje leggja hand på den han har salva. Gjev Herren må halda mitt liv like gjævt som eg har halde ditt liv i dag, og fria meg ut or all naud.» Då sa Saul til David: «Velsigna vere du, David, son min! Alt du tek deg føre, skal lukkast for deg.» Så fór David sin veg, og Saul drog heim att. Men David tenkte med seg: «Ein dag kjem eg likevel til å falla for Sauls hand. Det beste eg kan gjera, er å røma til Filistarlandet. Då vil Saul halda opp med å leita etter meg rundt ikring i heile Israel, og eg slepp unna han.» Så tok David ut med dei seks hundre mennene som fylgde han, og fór over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat. Både David og mennene hans vart buande hjå Akisj i Gat, kvar med sin huslyd. David hadde med seg begge konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil frå Karmel, enkja etter Nabal. Då Saul fekk vita at David hadde rømt til Gat, leita han ikkje etter han lenger. David sa til Akisj: «Dersom du har godvilje for meg, så lat meg få bustad i ein av landsbyane! Kvifor skal tenaren din bu saman med deg i kongsbyen?» Same dagen lét Akisj han få Siklag. Difor har Siklag høyrt Juda-kongane til heilt til denne dag. Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader. David og mennene hans drog ofte ut på herjeferder mot gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gamalt hadde butt i landet bort imot Sjur og heilt til Egypt. Når David herja der i landet, sparte han korkje menn eller kvinner. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom attende til Akisj med det. Når så Akisj spurde: «Kvar har de herja i dag?» svara David: «I Negev, både mellom judearane, jerakme'elittane og kenittane.» Det fanst korkje mann eller kvinne som David sparte og tok med seg til Gat. For han tenkte: «Dei kunne fortelja eitkvart om oss og seia at så og så har David gjort.» Såleis fór David fram heile den tida han budde i Filistarlandet. Men Akisj trudde David og tenkte: «No har David skapt ein sterk uvilje mot seg i Israel, sitt eige folk; og han kjem til å vera min mann for alltid.» På den tid samla filistarane hærane sine og ville gå til krig mot Israel. Då sa Akisj til David: «Du veit vel at både du og mennene dine må fylgja meg i striden?» David svara: «Godt, du skal få sjå kva tenaren din duger til.» Akisj sa: «Så set eg deg til hovding over livvakta mi for alltid.» No var Samuel død, og heile Israel hadde halde syrgjehøgtid over han og gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Og Saul hadde drive ut or landet dei som mana fram daudingar og spådomsånder. Filistarane samla seg, drog til Sjunem og slo leir der. Og Saul samla heile Israel og slo leir på Gilboa-fjellet. Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at han skalv. Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller gjennom urim eller gjennom profetar. Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram daudingar, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan det.» Saul skifte no klede og gjorde seg ukjenneleg. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Hjelp meg til ein spådom med manarkunsta di! Henta opp den som eg nemner for deg!» Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rudt ut or landet alle som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?» Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.» Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.» Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er Saul!» Då sa kongen til henne: «Ver ikkje redd! Fortel meg heller kva du ser!» Kvinna svara: «Eg ser ei ånd som stig opp or jorda.» «Korleis ser ho ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Det er ein gamal mann som stig opp, og han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda. Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.» Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg, når Herren har vendt seg frå deg og vorte din fiende? No har Herren gjort det som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David. Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedomen hans over amalekittane, difor har Herren gjort dette mot deg i dag. Og saman med deg skal Herren gje Israel i hendene på filistarane. I morgon skal du og sønene dine vera hjå meg. Og Herren skal gje Israels-hæren i filistarhand.» Med det same Saul høyrde desse orda, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var reint kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta. Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestkvinna di har lydt deg; eg våga livet og gjorde som du sa til meg. Så lyd no du meg, herre, og lat meg få setja fram litt mat for deg! Et, så du kan styrkjast før du fer din veg.» Men han ville ikkje og sa: «Eg skal ikkje ha mat.» Då nøydde dei han, både mennene hans og kvinna, til han gjorde som dei sa. Han reiste seg opp og sette seg på senga. Kvinna hadde ein gjøkalv heime; den skunda ho seg og slakta. Så tok ho mjøl, knadde det og baka usyrte brød. Med så gjort bar ho på bordet for Saul og mennene hans, og dei åt. Same natta tok dei ut og fór sin veg. Filistarane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir attmed kjelda utanfor Jisre’el. Filistarfyrstane førte fram fylkingar på tusen og på hundre, og til sist kom David og mennene hans saman med Akisj. Då sa filistarfyrstane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara: «Dette er David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen. Han har vore hjå meg i over eitt år, og eg har ikkje funne noko å lasta han for frå den dagen han gjekk over til meg, og til no.» Men fyrstane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Lat han fara heim att til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen; for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis kunne han lettare vinna att godviljen hjå herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre? Dette er då den same David som kvinnene song om medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusental, men David i titusental.» Då kalla Akisj David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever: Du er ein ærleg mann. Og eg ville gjerne at du skulle gå ut og inn hjå meg i leiren; for eg har ikkje funne noko vondt hjå deg frå den dagen du kom til meg, og til no. Men fyrstane likar deg ikkje. Så far no heim att i fred, så du ikkje gjer noko som filistarfyrstane mislikar.» David svara: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å seia på tenaren din frå den dagen eg kom til deg og til no, sidan eg ikkje får vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?» Akisj sa: «Eg er viss på at du er like trufast som Guds engel. Men filistarfyrstane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen. Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene åt herren din som har fylgt deg hit. Gjer dykk ferdige og far av stad så snart det ljosnar.» Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til Filistarlandet. Men filistarane drog opp til Jisre’el. To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gjort ei herjeferd mot Negev og Siklag. Siklag hadde dei herja og brent. Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men teke dei med seg og fare sin veg. Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira bortførte. Dei brast i gråt, både David og folket som fylgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir. Dei to konene til David, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel, var òg bortførte. Sjølv var David i store vanskar. For folket sa at dei ville steina han, så harme og sorgfulle var dei alle av di dei hadde mist sønene og døtrene sine. Men David søkte styrke hjå Herren sin Gud. Og han sa til presten Abjatar, son til Akimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden. Og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga fangane.» Så tok David i veg med dei seks hundre mennene som fylgde han, og dei kom til Besor-dalen. Der vart nokre av dei att. David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att; dei var for trøytte til å gå over Besor-dalen. Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han mat å eta og vatn å drikka. Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller turt på tre døger. David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» Han svara: «Eg er ein egyptisk gut og er træl hjå ein amalekitt. Husbonden min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk. Vi hadde herja i Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og Siklag hadde vi brent.» Då sa David til han: «Vil du føra meg ned til denne røvarflokken?» Guten svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på husbonden min, så skal eg syna deg vegen ned til røvarflokken.» Så fylgde han David dit. Og der låg ransmennene spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på alt det store hærfanget dei hadde teke i Filistarlandet og i Juda. David hogg dei ned; han heldt på frå grålysinga til det vart kveld dagen etter. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og rømde. Såleis berga David alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg. Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av hærfanget eller av det som ransmennene elles hadde teke med seg. Alt saman tok David att. Dei tok alt småfeet og storfeet, dreiv bølingen saman framfor han og sa: «Dette er Davids hærfang.» Då David kom til dei to hundre mennene som hadde vore for trøytte til å fylgja han, dei han hadde late vera att i Besor-dalen, kom dei ut imot han og flokken som var med han. David gjekk fram til mennene og helsa på dei. Då var det nokre vonde og gudlause menn i fylgjet hans som tok til ords og sa: «Sidan dei ikkje var med oss, vil vi ikkje gje dei noko av hærfanget som vi har berga. Berre konene og borna sine må dei alle få med seg når dei fer heim.» Men David svara: «Far ikkje så åt, brør, med det som Herren har gjeve oss. Han har verna oss og hjelpt oss til å få tak i røvarflokken som kom over oss. Ingen held med dykk i dette. For den som går med i striden, skal ikkje ha meir av hærfanget enn den som vert att ved trenet. Dei skal dela likt.» Og så har det vore frå den dagen. Han gjorde det til lov og rett i Israel, som det er den dag i dag. Då David kom til Siklag, sende han noko av hærfanget til dei eldste i Juda og til venene sine med desse orda: «Her er ei gåve til dykk av hærfanget som eg har teke frå Herrens fiendar.» Han sende gåver til dei i Betel, i Ramot-Negev, i Jattir, i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa, i Rakal, i jerakme’elittbyane, i kenittbyane, i Horma, i Bor-Asjan, i Atak, i Hebron og alle dei andre stadene der han og mennene hans hadde vanka. Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet. Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul. Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart hardt såra. Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg!» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det. Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og fylgde Saul i døden. Såleis døydde dei alle den dagen, Saul og dei tre sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans. Då dei israelittane som budde på den andre sida av Jisre’el-sletta og av Jordan, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der. Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet. Dei hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen i avgudstempla og for folket. Våpna hans la dei ned i Astarte-templet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean. Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul, drog alle våpenføre menn i veg og gjekk heile natta. Dei tok lika av Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean, fór til Jabesj og brende dei der. Så tok dei beina deira og gravla dei under tamariska i Jabesj. Og dei heldt faste i sju dagar. Då Saul var død, og David var komen heim att etter at han hadde vunne over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar. Tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og mold på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg vørdsamt til jorda. David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg har rømt frå Israels-leiren.» Då sa David til han: «Korleis har det gått? Fortel meg det!» Han svara: «Mennene rømde frå slaget, og mange av dei fall og miste livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.» David spurde den unge guten som fortalde han dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?» Guten som kom med bodet, svara: «Det laga seg så at eg kom opp på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og stødde seg til spydet sitt, medan stridsvognene og hestfolket trengde hardt inn på han. Best det var, snudde han seg, og då han fekk sjå meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja. Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekitt. Då sa han til meg: Kom hit og drep meg! Det svimrar for meg, men enno er eg ved fullt medvit. Så gjekk eg bort til han og gav han banehogget, for eg skjøna at han ikkje kunne leva når han fall om. Eg tok diademet han hadde på hovudet, og ringen han bar på armen, og her kjem eg med dei, herre.» Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han. Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden. Så spurde David guten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.» Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salvevigde og drepa han?» Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel, og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.» David kvad ein klagesong over Saul og Jonatan, son hans. Og han sa at Juda-folket skulle læra denne songen, som vert kalla «Bogen». Han er oppskriven i «Boka åt den rettvise» og lyder: No ligg din prydnad, Israel, drepen på dine haugar. Å, at krigarane er falne! Fortel det ikkje i Gat, kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater! Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg, døtrene til dei uomskorne jubla. De Gilboa-fjell! Gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk! Gjev markene aldri ¬må bera fyrstegrøde! For der vart krigarars skjold ¬sulka med blod. Sauls skjold er ikkje smurt ¬med olje. Utan blod av falne, ¬utan feitt av krigarar vende Jonatans boge ¬aldri attende, aldri kom Sauls-sverdet ¬umetta heim. Saul og Jonatan, ¬elska og avhaldne, korkje i liv eller død ¬vart dei skilde. Snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løver. Israels døtrer, gråt over Saul, som kledde dykk fagert i purpur og prydde dykkar bunad ¬med gull! Å, at krigarane fall i striden! At Jonatan ligg drepen ¬på dine haugar! Sårt syrgjer eg over deg, Jonatan, min bror! Du var meg så inderleg kjær. Din kjærleik var dyrare for meg enn kvinners kjærleik. Å, at krigarane er falne og stridsmenns våpen ¬øydelagde! Sidan spurde David Herren til råds: «Skal eg fara opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, gjer det!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron,» svara Herren. Så fór David dit med dei to konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel. Han tok òg med seg dei mennene som fylgde han. Alle hadde huslyden sin med; og dei busette seg i landsbyane kring Hebron. Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Juda-ætta. Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul, sende han nokre bodberarar til dei. Dei skulle seia: «Herren velsigne dykk fordi de synte slik truskap mot Saul, herren dykkar, at de gravla han. Gjev Herren må syna dykk godhug og truskap! Og eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette. Så ta då mot til dykk og ver djerve menn! Saul, herren dykkar, er nok borte, men no har Juda-folket salva meg til konge over seg.» Abner Nersson, hærføraren åt Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim. Der fekk Abner han utropt til konge over Gilead, Asjer og Jisre’el, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel. Isjbosjet Saulsson var førti år gamal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Juda-ætta som heldt seg til David. I sju år og seks månader var David konge i Hebron over Juda-ætta. Abner Nersson tok ut frå Mahanajim med mennene åt Isjbosjet, son til Saul, og fór til Gibeon. Joab Serujason og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen. Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda ein våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det,» svara Joab. Så reiste dei seg og gjekk fram, så mange som skulle vera med, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet Saulsson, og tolv av mennene til David. Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdet i sida på kvarandre, så dei fall alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Sverdmarka; han ligg ved Gibeon. Det vart ein ovhard strid den dagen. Og Abner og israelittane tapte for mennene til David. Dei tre Seruja-sønene, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lettføtt som ein gasell i marka. Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til nokon kant, men heldt seg heile tida i hælane på han. Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja,» svara han. Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil! Grip ein av unggutane og ta rustninga hans!» Men Asael ville ikkje la vera å forfylgja han. Endå ein gong ropa Abner til han og sa: «Hald opp med å fylgja etter meg! Vil du kanskje at eg skal slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i augo?» Men han ville ikkje halda opp. Då rende Abner spydskaftet inn i magen hans, så det gjekk ut gjennom ryggen, og han fall om og døydde der. Alle som kom til den staden der Asael hadde falle og døytt, vart ståande ei stund. Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfylgja Abner. Då sola gladde, var dei komne til Amma-haugen, som ligg midt for Giah, der vegen går til Gibeon-øydemarka. Då samla benjaminittane seg i ei fylking bak Abner og stelte seg på toppen av ein haug. Og Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å herja? Skjønar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til mennene dine at dei skal slutta å forfylgja frendane sine?» Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket fyrst i morgon ha slutta å forfylgja frendane sine.» Så bles Joab i hornet, og heile hæren stogga. Dei forfylgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden. Abner og mennene hans gjekk gjennom Jordan-dalen heile natta. Dei sette over Jordan, fór gjennom heile Bitron og kom til Mahanajim. Då Joab hadde halde opp med å forfylgja Abner, samla han heile hæren. Forutan Asael vanta det nitten av mennene til David. Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar, av Abners folk. Dei tok Asael med seg og gravla han i grava åt far hans i Betlehem. Joab og mennene hans gjekk heile natta og kom til Hebron då det tok til å dagast. Striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta vart dryg. Og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætta veikare og veikare. David fekk desse sønene medan han budde i Hebron: Den fyrste var Amnon, som han fekk med Akinoam frå Jisre’el. Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Ma’aka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital. Den sjette var Jitream, son til Egla; ho òg var kona til David. Desse sønene fekk David i Hebron. Så lenge striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls-ætta. No hadde Saul hatt ei fylgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Ein gong sa Isjbosjet til Abner: «Kvifor har du vore saman med fylgjekona til far min?» Då Abner høyrde det Isjbosjet sa, vart han brennande harm og sa: «Er eg berre eit hundehovud som held med Juda? Den dag i dag viser eg truskap mot ætta åt Saul, far din, mot frendane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap for denne kvinna skuld! Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer det for David som Herren har lova han. Eg vil ta kongedømet frå Sauls-ætta og reisa Davids kongsstol både over Israel og Juda, frå Dan til Be’er-Sjeba.» Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner. Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.» David svara: «Godt, eg vil gjera pakt med deg. Berre ein ting krev eg av deg: At du ikkje kjem for augo mine utan at du har med deg Mikal Saulsdotter.» Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.» Då sende Isjbosjet bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj. Mannen fylgde med. Han gjekk gråtande etter henne heilt til Bakurim. Der sa Abner til han: «Far heim att!» Då snudde han og fór heim att. Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge. Så lat han no verta det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.» Sameleis tala han med mennene frå Benjamin òg. Så fór han til Hebron og ville fortelja David kva israelittane og alle benjaminittane hadde sett seg føre. Då Abner kom til David i Hebron med eit fylgje på tjue mann, heldt David eit gjestebod for han og mennene som var med han. Og Abner sa til David: «No vil eg fara i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så gjer dei pakt med deg, og du kan rå over heile det riket du ynskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog trygt bort. Davids menn og Joab kom heim frå ei herjeferd og hadde mykje hærfang med seg. Abner var då ikkje lenger hjå David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege trygt bort. Då Joab var vel heime att med heile hæren, kom det nokre menn til han og sa: «Abner Nersson kom til kongen, og han lét han fara trygt bort.» Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva er det du har gjort? Når Abner kom til deg, kvifor lét du han då fara sin veg? Du kjenner då Abner Nersson? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du tek deg føre.» Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David. Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin. Sidan fekk David høyra om dette. Då sa han: «Aldri vil Herren halda meg og kongedømet mitt skuldig i drapet på Abner Nersson. Gjev straffa må koma over Joabs hovud og over heile farsætta hans! Gjev det i Joabs ætt alltid må vera folk som har utflod eller hudsjukdom, som går med krykkjer, fell for sverd eller er matlause.» Såleis drap Joab og Abisjai, bror hans, Abner fordi han hadde felt Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon. Så sa David til Joab og til alle som var med han: «Riv sund kleda dykkar, ta på dykk syrgjeplagg og hald lik-klage over Abner!» Sjølv gjekk kong David etter båra. Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og alt folket gret. Og kongen kvad ein klagesong over Abner: Laut Abner døy ¬som ein niding døyr? Dine hender var ikkje bundne, dine føter ikkje lagde i lekkjer. Du fall som ein fell ¬for ugjerningsmenn. Då gret folket endå meir over han. Sidan kom folket og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gladd! Folket merka seg dette og lika det godt. Alt det kongen gjorde, lika dei godt. Den dagen skjøna alle som var samla, ja heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner Nersson. Og kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at ein hovding og stor mann i Israel er fallen i dag. Eg er enno for veik, om eg er salva til konge, og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!» Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel var avskræmt. No hadde Sauls-sonen to menn som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba’ana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Be’erot og høyrde Benjamins-ætta til. For Be’erot vart òg rekna til Benjamin. Men folket i Be’erot hadde rømt til Gittajim, der dei har butt til denne dag. Jonatan, son til Saul, hadde ein son som var lam i føtene. Han var fem år gamal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisre’el. Fostermora tok han med seg og rømde; men då ho skunda seg av stad, datt han ned og vart lam. Han heitte Mefibosjet. Sønene til Rimmon frå Be’erot, Rekab og Ba’ana, tok ut og kom til huset åt Isjbosjet midt på heitaste dagen, medan han låg og kvilte middag. Den kvinna som vakta huset, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde vorte trøytt og sovna, så Rekab og Ba’ana, bror hans, slapp usedde framom. Dei kom inn i huset medan han låg på senga i soveromet sitt, slo han i hel og hogg hovudet av han. Det tok dei med seg, og så gjekk dei heile natta gjennom Jordan-dalen. Dei kom til David i Hebron med hovudet åt Isjbosjet og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet åt Isjbosjet, son til Saul, han som var fienden din og stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og ætta hans, herre konge.» Men David svara Rekab og Ba’ana, bror hans, sønene til Rimmon frå Be’erot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud: Den mannen som kom til meg med melding om at Saul var død, meinte sjølv at han kom med gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag; det var den løna eg gav han for gledebodet. Og no, når ugjerningsmenn har drepe ein rettvis mann i hans eige hus og hans eiga seng, skulle eg ikkje då krevja dykk til rekneskap for hans død og rydja dykk ut or landet?» Så tala David med mennene sine, og dei drap Rimmon-sønene og hogg hendene og føtene av dei og hengde dei opp ved Hebron-dammen. Men hovudet åt Isjbosjet tok dei og gravla i Abners grav i Hebron. Sidan kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du. Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.» Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron, og kong David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Så salva dei David til konge over Israel. David var tretti år gamal då han vart konge, og han styrte i førti år. I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år. Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Jamvel blinde og lame kan driva deg bort.» Med det meinte dei at der kom David aldri inn. Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. Den dagen sa David: «Kvar den som feller ein jebusitt – desse lame og blinde, som hatar David – og går opp gjennom vassberarsjakta, han skal vera hovding og førar.» Difor heiter det: «Ein blind eller lam får ikkje koma inn i templet.» David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen. Han bygde rundt ikring, frå Millo og utover. Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han. Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømmermenn og steinhoggarar; dei bygde eit hus åt David. David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld. Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg endå fleire fylgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk fleire søner og døtrer. Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo, Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia, Elisjama, Eljada og Elifelet. Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga. Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Herren svara David: «Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.» Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim. Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg. Men filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea! Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du storma fram. For då har Herren drege ut framføre deg og vil slå filistarhæren.» David gjorde som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og forfylgde dei frå Geba til bort imot Geser. Endå ein gong samla David alt det utvalde mannskapet i Israel, tretti tusen mann. Han og alle mennene som var med han, tok ut og fór til Ba’ala i Juda. Der ville dei henta Guds paktkiste, som ber namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane. Dei sette kista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus, som låg på haugen. Ussa og Akjo, sønene til Abinadab, køyrde den nye vogna. Såleis førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på haugen. Sjølve fylgde dei med, og Akjo gjekk føre kista. David og heile Israels-folket dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, bjøller og cymblar. Men då dei kom til treskjevollen åt Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste, fordi oksane var ustyrlege. Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på flekken fordi han hadde misfare seg, og han døydde der attmed Guds paktkiste. David var oppøst fordi Herren hadde slege Ussa ned. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna hysa Herrens paktkiste?» Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat. Der vart ho ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile huslyden hans. Då kong David fekk høyra at Herren hadde velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det han åtte, for paktkista skuld, drog han av stad og henta Guds paktkiste frå huset åt Obed-Edom. Han førte henne opp til Davids-byen med stor glede. Då dei som bar paktkista, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv. David dansa av all kraft for Herrens åsyn. Han var kledd i presteklede av lin. Såleis førte David og heile Israels-folket Herrens paktkiste opp med jubelrop og hornlåt. Men då kista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal Saulsdotter ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa for Herrens åsyn, og ho vanvørde han. Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist åt henne, og David bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren. Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i namnet åt Herren, Allhærs Gud. Så delte han ut ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, som var samla frå heile Israel. Då David kom heim att og ville helsa på huslyden sin, gjekk Mikal Saulsdotter ut mot han og sa: «Kor ærefullt Israels konge bar seg åt i dag, då han synte seg naken for augo på tenestjentene åt mennene sine, som lauslyndt folk har for vis!» David svara Mikal: «Det var for Herrens åsyn eg dansa, for han som valde meg ut framom far din og heile hans ætt og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel. For Herrens åsyn vil eg dansa jamvel om eg gjer meg endå ringare enn eg no har gjort, og vert endå mindre vørd av deg. Men hjå desse tenestjentene som du talar om, hjå dei skal eg vinna ære.» Mikal Saulsdotter var barnlaus til sin døyande dag. Ein dag kongen sat i huset sitt, etter at Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt ikring, sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.» Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Herren er med deg!» Men same natta kom Herrens ord til Natan, og det lydde så: Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i? Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad. Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar som eg sette til å vakta Israel, folket mitt: «Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?» Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt. Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det. Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir; valdsmenn skal ikkje plaga dei som i gamle dagar. Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men deg har eg gjeve fred for alle fiendane dine. Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg. Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans. Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid. Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag. Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg. Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David. Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: «Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg til denne dag? Og endå var dette for lite for deg, Herre Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud. Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud. For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din. Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt. Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt, eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Du skapte deg eit namn då du gjorde storverk for dei og under for landet ditt, for folket ditt, som du fria ut or Egypt, frå folka og gudane deira. Du fastsette at Israel, folket ditt, skulle vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud. Så lat det no, Herre Gud, stå fast for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, og gjer som du har sagt! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, han er Gud over Israel. Og huset åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn. For du, Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg. Ja, Herre Gud, du er Gud, og det du har lova, skal du halda. Du har gjeve tenaren din denne store lovnaden. Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For du, Herre Gud, har tala, og med di velsigning vil ætta åt tenaren din vera velsigna til evig tid.» Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok herredømet frå dei. David vann over moabittane òg. Så baud han dei leggja seg ned på jorda og mælte dei med ei snor. Han mælte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Då gav moabittane seg under David og laut svara skatt. Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba, då han drog ut og ville vinna att herredømet over landet ved Eufrat. David tok frå han eitt tusen sju hundre hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei. David la vaktmannskap i Damaskus-riket; aramearane gav seg under han og laut svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram. David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem. Og frå Betak og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med kopar. Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på David og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden med Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og kopar. Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka han hadde lagt under seg, frå aramearane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba. David vann seg eit stort namn. Då han var på heimveg etter sigeren over aramearane, slo han edomittane i Saltdalen; dei var atten tusen mann. Han la vaktmannskap i Edom; i heile Edom la han vaktmannskap. Og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram. Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt. Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar. Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar. Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var prestar. Ein gong spurde David: «Tru det enno er nokon att av Sauls-ætta? Då vil eg gjera vel mot han for Jonatans skuld.» No hadde Sauls-ætta ein tenestmann som heitte Siba. Han vart kalla fram for David, og kongen spurde han: «Er du Siba?» Han svara: «Ja, herre konge.» Då sa kongen: «Er det enno einkvan att av Sauls-ætta, så eg kan få gjort vel mot han i Guds namn?» Siba svara: «Det er att ein son til Jonatan, ein som er lam i føtene.» «Kvar er han?» spurde kongen. Siba svara: «Han er hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.» Då sende kong David bod og henta han heime hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar. Då Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, kom inn til David, kasta han seg ned med andletet mot jorda. Og David sa: «Mefibosjet!» Han svara: «Ja, herre.» David sa til han: «Ver ikkje redd! Eg vil gjera vel mot deg for skuld Jonatan, far din. Du skal få att all jordeigedomen som Saul, farfar din, hadde. Og du skal alltid eta ved mitt bord.» Då bøygde han seg atter og sa: «Kva er vel eg, tenaren din? Kvifor bryr du deg om ein daud hund som meg?» Så sende kongen bod etter Siba, tenestmannen til Saul, og sa til han: «Alt det som har høyrt Saul og heile ætta hans til, gjev eg son åt herren din. Men du og sønene dine og tenarane dine skal dyrka jorda og hausta inn det ho ber. Det skal Mefibosjet, son til herren din, leva av, og han skal alltid eta ved mitt bord.» Siba hadde femten søner og tjue tenarar. Han svara kongen: «Eg skal gjera alt det du byd meg, herre konge.» Sidan åt Mefibosjet ved Davids bord som om han var ein av sønene til kongen. Mefibosjet hadde ein liten son som heitte Mika. Alle som budde i huset til Siba, var tenarar for Mefibosjet. Mefibosjet vart buande i Jerusalem, fordi han alltid åt ved kongens bord. Han var lam i begge føtene. Ei tid etter bar det så til at kongen i Ammon døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han. Då sa David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende han nokre av mennene sine, som skulle trøysta Hanun i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet, sa ammonitthovdingane til Hanun, herren sin: «Trur du det er fordi han vil æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi han vil ransaka byen, speida han ut og så øydeleggja han, at han har sendt mennene sine hit?» Då greip Hanun mennene til David. Han raka av dei halve skjegget, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg. Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.» Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma’aka og tolv tusen mann frå Tob. Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren. Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Ma’aka stod for seg sjølve bortpå marka. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane. Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane. Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg. Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.» Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han. Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem. Aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, men dei samla seg att. Hadadeser sende bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom til Helam, og Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei. Då David fekk melding om det, samla han heile Israel, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til strid mot han. Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju hundre av stridsvognene deira og felte førti tusen mann. Sjobak, hærføraren, fekk òg sin bane der. Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med dei og gav seg under Israel. Sidan torde ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir. Året etter, på den tid kongane plar fara i hærferd, sende David Joab av stad med mennene sine og heile Israels-hæren, og dei herja ammonittlandet og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem. Ein kveld hende det at David stod opp or senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Som han såg utover frå taket, fekk han auga på ei kvinne som heldt på og lauga seg; det var ei ovfager kvinne. David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk vita at det var Batseba Eliamsdotter, kona til hetitten Uria. Så sende David folk og henta henne til seg; og då ho kom, låg han med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att. Men kvinna hadde vorte med barn og sende bod til David med dei orda: «Eg skal ha barn.» Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg!» Og Joab gjorde som kongen hadde sagt. Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen. Så sa han: «Gå no heim og vaska føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongsgarden, sende kongen ei gåve etter han. Men Uria la seg i slottsporten saman med alle tenarane åt kongen; han gjekk ikkje heim til huset sitt. Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim til seg sjølv, sa han til han: «Har du ikkje vore på reis? Kvifor har du ikkje gått heim til ditt eige hus?» Uria svara: «Israelittane og judearane bur i lauvhytter, og paktkista har dei med seg. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Og så skulle eg gå heim og eta og drikka og liggja med kona mi? Så sant du lever, så sant det finst liv i deg: Det gjer eg ikkje!» Då sa David til Uria: «Ver no her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter. David bad han til seg. Dei åt og drakk saman, og David skjenkte han til han vart drukken. Men om kvelden gjekk han og la seg på plassen sin saman med kongsmennene; heim til huset sitt gjekk han ikkje. Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria. I brevet stod det: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast, og dra dykk attende frå han, så han fell og misser livet!» Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor. Mennene i byen drog ut og kom i strid med Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria miste livet, han òg. Joab sende ein mann til David med melding om korleis det hadde gått til i slaget. Han sa til bodberaren: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk til i slaget, kan det henda at han fyk opp og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i striden? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren! Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inn til muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, har mist livet, han òg.» Så tok mannen ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab. Han sa til David: «Fienden fekk overtaket på oss og drog ut på marka mot oss; men vi dreiv dei attende til byporten. Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av mennene dine fall, konge. Ein av dei som miste livet, var hetitten Uria, tenaren din.» Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han ikkje skal ta seg nær av dette. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal berre halda fram med å strida mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot!» Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho syrgjehøgtid over husbonden sin. Men då syrgjetida var ute, sende David bod etter henne og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo. Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig. Den rike hadde småfe og storfe i mengd; den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han. Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten.» Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever: Den mannen som har gjort dette, skal døy! Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle.» Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand. Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre. Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med. Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria. Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen. Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.» Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy. Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.» Så gjekk Natan heim att. Herren lét det koma ein hard sjukdom over det barnet David hadde fått med kona til Uria. David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim om kvelden, la han seg på golvet, og der vart han liggjande heile natta. Dei øvste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå golvet; men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei. Sjuande dagen døydde barnet. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død; dei sa: «Når vi tala til han medan guten levde, ville han ikkje høyra på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.» Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Så spurde han: «Er guten død?» Dei svara: «Ja, han er død.» Då reiste David seg opp frå golvet, vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus, bøygde seg og tilbad. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt. Mennene hans sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten endå levde, fasta og gret du. Men no, når han er død, står du opp og et.» Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva? Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.» David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han og sende bod med profeten Natan. Han kalla guten Jedidja for Herrens skuld. Imedan gjekk Joab til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen. Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen. Kall saman resten av folket, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og det er eg som får æra.» Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk mot byen og tok han. Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og vog ein talent; og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar og lét dei træla ved teglomnane. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren. Ei tid etter hende det som no skal forteljast. Absalom, son til David, hadde ei fager syster som heitte Tamar. Henne hadde Amnon, ein annan av sønene til David, vorte glad i. Amnon lengta slik etter Tamar, syster si, at han var reint sjuk. For han såg seg inga råd til å koma nær henne, sidan ho var møy. Men Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab; han var son til Sjima, bror til David, og var ein svært klok mann. Ein dag sa han til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du ser så sturen ut kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.» Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg får han av hennar hand.» Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei straks ho er ferdig med dei.» Då sende David bod inn i slottet til Tamar: «Gå heim til Amnon, bror din, og stell til mat åt han!» Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan Amnon såg på, og steikte dei. Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han; men han ville ikkje eta. Han bad alle gå ut. Og då dei hadde gått, sa han til Tamar: «Kom hit inn i kammeret med maten, så eg kan ta imot han av di hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i romet til Amnon, bror sin. Men då ho rette dei til han og bad han eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!» Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk! Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.» Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne. Men etterpå fekk Amnon eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Og han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!» Ho svara: «Nei bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den fyrste du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne. Han ropa på tenaren som stelte for han, og sa: «Få denne kvinna ut or huset, og steng døra etter henne!» Tamar hadde på seg ein sid kjole med lange ermar, for i slike kjolar gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei ikkje var gifte. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne. Tamar strøydde støv på hovudet, reiv sund den side kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort. Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og sorgfull heime hjå Absalom, bror sin. Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm. Sidan sa Absalom aldri eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han bar hat til Amnon fordi han hadde ført vanære over Tamar, syster hans. To år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor, som ligg ved Efraim, og han bad alle kongssønene til seg. Fyrst gjekk han til kongen og sa: «No skal tenaren din klyppa sauene. Vil ikkje du, konge, og mennene dine gjera så vel og vera med?» Men kongen svara: «Nei, son min; vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom talde for han, men kongen ville ikkje koma og bad farvel med han. Då sa Absalom: «Men om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med!» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?» Men Absalom nøydde han til han lét både Amnon og alle dei andre kongssønene få vera med han. Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!» Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde. Medan dei endå var på vegen, nådde det ordet til David at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att. Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg ned på jorda. Og alle mennene hans stod der med sundrivne klede. Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til ords og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som har mist livet. For det har etter Absaloms eigne ord vore avgjort heilt frå den dagen han førte vanære over Tamar, syster hans. Så bry deg ikkje om det når dei seier at alle kongssønene har mist livet. For det er berre Amnon som er død.» Imedan hadde Absalom rømt. Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet. Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.» Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga. Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida. Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år. Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over sorga etter Amnon. Då Joab Serujason skjøna at kongen lengta etter Absalom, sende han bod etter ei klok kone som budde i Tekoa, og sa til henne: «Lat som om du har sorg! Kled deg i syrgjebunad, og salva deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne når ho i lang tid syrgjer over ein som er død. Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia. Kona frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp, konge!» «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen. Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død. Tenestkvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen som kunne skilja dei åt. Då slo den eine til den andre og drap han. Og no har heile ætta reist seg mot tenestkvinna di og seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo bror sin i hel; så får vi med det same rudt arvingen or vegen. – Såleis kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att; dei unner mannen min korkje namn eller etterkomarar på jorda.» Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av dette.» Men kona frå Tekoa svara: «Eg og mi ætt skal bera skulda, herre konge. Kongen og kongsstolen skal vera skuldfrie.» Kongen sa: «Er det nokon som trugar deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.» Då sa ho: «Gjev kongen måtte kalla på Herren sin Gud, så ikkje blodhemnaren får valda endå meir ulukke, og dei rydjar son min or vegen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din.» Då sa kona: «Kan eg få seia deg endå eit ord, herre konge?» «Tal du!» svara han. Ho sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det du no sa, konge, har du dømt deg sjølv, sidan du ikkje lèt han som er bortstøytt, koma heim att. For alle må vi døy og verta liksom vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv; han tenkjer på korleis ein som er bortstøytt frå han, ikkje lenger skal vera bortstøytt. No kjem eg og legg denne saka fram for deg, herre konge. For dette folket skræmde meg, og då tenkte eg: Eg vil tala med kongen. Kanskje gjer han det eg bed han om. Kongen vil nok høyra på meg og berga tenestkvinna si frå den mannen som vil rydja både meg og son min ut or det landet Gud har gjeve folket sitt. Eg tenkte, herre konge, at eit ord frå deg ville vera meg til trøyst. For du, herre konge, er som Guds engel og skjønar deg både på godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!» Då tok kongen til ords og sa til kona: «Døl ikkje for meg det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho. Kongen spurde: «Har ikkje Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kona svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma utanom noko av det du seier, herre konge, korkje til høgre eller venstre. Ja, det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som la meg alle desse orda i munnen. Det var for å gje saka ei ny vending at Joab, tenaren din, gjorde dette. Men du, herre, er vis som Guds engel og veit om alt som hender i landet.» Så sa kongen til Joab: «Vel, eg skal gjera som du vil. Far i veg og henta den unge guten, Absalom.» Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar eg, tenaren din, at du har godvilje for meg, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg.» Så gjorde Joab seg ferdig; han fór til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem. Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for augo mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen. Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han. Frå tid til anna vart håret hans så langt at han laut klyppa det. Og når han så gjorde, vog det to hundre sekel etter den vekt som kongen nytta. Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei fager kvinne. Absalom budde no i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen. Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller. Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at tett innmed jordet mitt har Joab ein byggåker. Gå av stad og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren. Då fór Joab opp, gjekk heim til Absalom og sa: «Kvifor har tenarane dine svidt av åkeren min?» Absalom svara: «Du veit eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Kviler det skuld på meg, får han heller drepa meg.» Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han. Då det leid av ei tid, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang føre han. Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, kalla Absalom han til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hi av Israels-ættene, sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.» Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.» Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han. Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene. Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren! For då eg budde i Gesjur i Aram, gav eg denne lovnaden: Lèt Herren meg få koma heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.» Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron. Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!» Saman med Absalom drog det to hundre mann som var bedne med frå Jerusalem. Dei fylgde med i god tru og visste ikkje om noko. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom. Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.» Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.» Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.» Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset. Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset. Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!» Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.» Då sa David til Ittai: «Gå framom du òg!» Så gjekk Ittai frå Gat framom med alle mennene sine og med alle kvinnene og borna som dei hadde med seg. Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka. Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen. Men kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste attende til byen. Har Herren godvilje for meg, lèt han meg koma heim att, så eg får sjå både paktkista og staden der ho står. Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.» Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk. Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.» Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande. Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter. David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!» Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet. David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg. Men går du attende til byen, kan du gjera Akitofels planar til inkjes for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg. Der har du prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongsgarden, skal du seia frå om til dei. Begge sønene deira, Akima’as, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.» Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen. Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av åsryggen, fekk han auga på Siba, som var tenestemann hjå Mefibosjet; han kom imot han med eit par kløvesel. På dei førte han to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ei hit med vin. Kongen sa til Siba: «Kva vil du med dette?» Siba svara: «Esla skal kongslyden ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i øydemarka.» Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil Israels-folket gje meg att kongedømet åt farfar min.» Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Gjev du alltid må visa meg godvilje, herre konge!» Då kong David nådde fram til Bakurim, kom det ein mann ut or byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Som han kom, forbanna han David og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne! No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!» Då sa Abisjai Serujason til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna deg, herre konge? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.» Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?» Så sa David til Abisjai og alle dei andre mennene sine: «De ser at min eigen son og etterkomar står meg etter livet. Kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal. Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.» Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han. Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der. Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med. Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!» Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?» Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg. Dessutan, kven er det eg går i teneste hjå? Er det ikkje hjå son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.» Då sa Absalom til Akitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?» Akitofel svara: «Gå og ligg med fylgjekonene til far din, dei han lét vera att her for å sjå etter huset. Når så heile Israel får høyra at du har gjort deg reint til uvens med far din, får dei mot, alle som fylgjer deg.» Då sette dei opp eit telt på taket for Absalom, og han gjekk inn, så heile Israel kunne sjå det, og låg med fylgjekonene til far sin. På den tid var eit råd frå Akitofel like gjævt som det ordet ein fekk når ein bad Gud om råd i ei sak. Så mykje talde Akitofels råd både for David og Absalom. Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt. Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine. Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.» Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel. Men så sa Absalom: «Send bod etter Husjai av Arak-ætta, så vi får høyra kva han òg har å seia.» Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Akitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!» Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Akitofel har gjeve denne gongen.» Og han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er djerve stridsmenn, og at dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein gamal krigar; han legg seg ikkje til ro saman med mennene sine om natta. No held han seg nok gøymd i ei hole eller einkvan annan staden. Går det så at nokon av mennene våre fell i fyrstninga, kjem alle som får høyra det, til å seia at det har vore eit stort mannefall mellom dei som fylgjer Absalom. Og om det er aldri så djerv ein kar, med eit hjarta som ei løve, så misser han motet. For heile Israel veit at far din er ei kjempe, og at det er djerve menn, dei som er med han. Difor er dette mitt råd: Lat heile Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Og dra sjølv med dei i striden! Når vi så råkar han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Vi skal ikkje spara ein einaste mann, korkje han sjølv eller nokon av dei som er med han. Og søkjer han livd i ein festningsby, skal heile Israel leggja reip om den byen og dra han ned i dalen, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.» Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet åt Husjai av Arak-ætta er betre enn rådet åt Akitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet åt Akitofel ikkje vart fylgt, for Herren ville føra ulukke over Absalom. Sidan sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Akitofel hadde talt Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva han sjølv hadde rådt dei til. Og han la til: «Skunda dykk og send bod til David! Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i øydemarka, men setja over elva! Elles er det ute både med kongen og alle dei som fylgjer han.» Jonatan og Akima’as heldt seg utmed Rogel-kjelda. Ei tenestjente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der. Men denne gongen var det ein unggut som fekk auga på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bakurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brunn i tunet; og den steig dei nedi. Kona i huset tok eit teppe og breidde over brunnopninga. Ho strøydde korn oppå, så ingen kunne merka noko. Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Akima’as og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem. Då dei vel var farne, steig hine opp or brunnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set over elva i ein fart!» Så fortalde dei kva råd Akitofel hadde gjeve. Då tok David ut med alt folket sitt, og dei sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein mann; alle hadde kome seg over elva. Då Akitofel såg at rådet hans ikkje vart fylgt, sala han eselet sitt, sette seg på det og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Såleis døydde Akitofel, og han vart gravlagd i grava åt far sin. David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane. Absalom hadde gjort Amasa til hærførar i staden for Joab. Amasa var son til ein ismaelitt som heitte Jitra og var gift med Abigal, dotter til Nakasj og syster til Seruja, mor til Joab. Israelittane og Absalom slo leir i Gilead. Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nakasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead. Dei kom med sengeutstyr, skåler og kjerald, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bauner, linser, honning, rjome, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tyrste i øydemarka. David mønstra folket som var med han, og sette hovdingar over dei, nokre over tusen og nokre over hundre mann. Så sende han dei av stad, ein tredjepart under Joab, ein tredjepart under Abisjai, son til Seruja og bror til Joab, og ein tredjepart under Ittai frå Gat. Kongen sa til mennene: «Eg vil dra ut i striden saman med dykk.» Men dei svara: «Du skal ikkje dra ut. For om vi rømer, er det ingen som bryr seg om det, og om halvparten av oss fell, så ansar ingen det. Men du er jamgod med ti tusen av oss. Difor er det betre at du held deg i byen og kjem derifrå og hjelper oss.» Kongen sa til dei: «Eg skal gjera som de ynskjer.» Så gjekk kongen ut og stod attmed byporten, medan heile hæren drog av stad, i fylkingar på hundre og på tusen. Då sa han til Joab, Abisjai og Ittai: «Far varsamt med Absalom, guten min!» Heile hæren høyrde at kongen gav alle hovdingane dette påbodet om Absalom. Så drog hæren ut i marka mot israelittane, og det kom til slag i Efraim-skogen. Der tapte israelittane for Davids menn, og det vart eit stort mannefall den dagen, tjue tusen mann. Striden spreidde seg over heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk enn sverdet den dagen. Det bar så til at Absalom kom beint imot mennene åt David. Han reid på muldyret sitt, og muldyret kom inn under dei tette greinene på ei stor eik. Hovudet hans sette seg fast i eika, og han vart hangande mellom himmel og jord. For muldyret han sat på, sprang sin veg. Det fekk ein mann sjå, og han sa frå til Joab: «Eg såg Absalom hanga i ei eik.» Då sa Joab til mannen som kom med meldinga: «Når du såg det, kvifor slo du han då ikkje til jorda på flekken? Så skulle eg ha gjeve deg ti sekel sølv og eit belte.» Mannen svara: «Om dei så vog meg tusen sekel sølv opp i neven, ville eg ikkje lyfta handa mot son til kongen. Vi høyrde då alle at kongen gav deg og Abisjai og Ittai dette påbodet: Ta dykk av Absalom, guten min! Men hadde eg fare fram med svik og teke livet av han, så hadde det ikkje kunna døljast for kongen, og du hadde nok halde deg unna.» Då sa Joab: «Eg kan ikkje stå her og hefta meg bort lenger.» Så treiv han tre spyd og rende dei i brystet på Absalom, medan han endå hang levande mellom greinene på eika. Og ti unge menn, våpensveinane åt Joab, kom bort til Absalom og gav han banehogg. Då bles Joab i hornet, og folket heldt opp med å forfylgja israelittane; for Joab stagga dei. Så tok dei Absalom og kasta han ned i ei djup hole i skogen og hauga opp ei stor steinrøys over han. Og alle israelittane rømde heim, kvar til sitt. Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag. Akima’as Sadoksson sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.» Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.» Så sa Joab til nubiaren: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Nubiaren bøygde seg for Joab og sprang av stad. Men Akima’as Sadoksson tok til ords att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter nubiaren!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.» Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Akima’as den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre nubiaren. Imedan sat David i portromet, og vaktmannen gjekk att og fram oppe på port-taket. Då han kom bort til muren og såg utover, fekk han auga på ein mann som kom springande åleine. Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Då sa kongen: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare. Brått fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.» Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den fyrste spring så likt Akima’as Sadoksson.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.» Akima’as ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Lova vere Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.» Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Akima’as svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.» Kongen sa: «Gå til sides og venta der!» Så gjekk han til sides og vart ståande. Med det same kom nubiaren og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.» Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Nubiaren svara: «Herre konge, gjev det må gå fiendane dine og alle som reiser seg mot deg og vil skada deg, som det gjekk guten!» Då vart kongen så ille ved at han skalv. Han gjekk opp i romet over porten og gret. Og alt medan han gjekk, ropa han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døytt i din stad! Absalom, son min, son min!» Joab fekk melding om at kongen gret og syrgde over Absalom. Då vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen syrgde over son sin. Den dagen lurte mennene seg inn i byen, liksom folk lurer seg inn når dei skjemmest fordi dei har rømt frå striden. Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min!» Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført vanære over alle mennene dine, dei som i dag har berga både ditt liv og livet åt sønene og døtrene, konene og fylgjekonene dine. Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du synt at du korkje bryr deg om hovdingane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levt i dag, og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera. Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å verta verande hjå deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.» Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han. Israelittane hadde rømt heim, kvar til seg. Då tok folket i alle Israels-ættene til å tretta med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarveldet. No har han rømt landet for Absalom. Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i striden. Kvifor gjer de då ingen ting for å henta kongen heim att?» Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att? De er då brørne mine, av same kjøt og blod som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att? Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same kjøt og blod som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera hærførar i staden for Joab.» Såleis vann han judearane for seg, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!» Så gav kongen seg på heimveg. Då han kom til Jordan, var judearane alt komne til Gilgal; dei ville ta imot han og føra han over Jordan. Sjimi Gerason, som høyrde Benjamins-ætta til og var frå Bakurim, skunda seg nedover saman med judearane og ville møta kong David. Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Og Siba, som var tenestmann i Sauls-ætta, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit. No sette dei over vadet, for dei ville hjelpa kongsfolket over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi Gerason ned for han og sa: «Herre, tilgjev meg brotet mitt! Lat det vera gløymt, herre konge, kor stygt tenaren din bar seg åt den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge! For eg veit at eg har synda. Men i dag er eg den fyrste av Josefs ætt som kjem ned og møter deg, herre konge.» Då tok Abisjai Serujason til ords og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salvevigde?» Men David svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner, sidan de står meg imot i dag? I dag skal ingen mann i Israel missa livet. For no veit eg at eg er konge over Israel.» Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på. Mefibosjet, soneson til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje greitt skjegget og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen fór bort, og til han kom trygt attende. Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?» Han svara: «Tenaren min narra meg, herre konge. Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og fylgja kongen; du veit eg er lam. I staden laug han på meg for deg, herre konge. Men du er som Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best. For heile mi ætt hadde ikkje anna å venta av deg enn døden, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?» Kongen svara: «Du treng ikkje tala meir om dette. Eg har sagt at du og Siba skal dela jordeigedomen.» Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.» Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde fylgt kongen til Jordan. Der ville han skiljast frå han. Barsillai var ein gamal mann, åtti år. Han hadde sytt for mat og drikke til kongen medan han heldt til i Mahanajim, for han var svært rik. Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hjå meg i Jerusalem.» Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem? Eg er no åtti år gamal. Eg merkar ikkje lenger skilnaden på godt og ringt og kjenner ikkje smaken av det eg et og drikk. Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle eg så vera til bry for deg, herre konge? Eg ville berre fylgja kongen eit stykke på vegen. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge? Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest!» Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Og alt du ynskjer, skal eg gjera for deg.» Så sette heile hæren over Jordan, men kongen vart ståande. Han kyste Barsillai og velsigna han, og Barsillai fór heim att. Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket fylgde kongen, og like eins halve Israels-folket. Men best det var, kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har frendane våre, judearane, teke kongen og ført han og huslyden hans og alle Davids menn over Jordan?» Då tok alle judearane til ords og svara israelittane så: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levt på kongen eller hatt nokon føremon av han?» Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor har de sett bort frå oss? Var det ikkje vi som fyrst tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane gav eit endå hardare svar enn israelittane hadde gjeve. No var det eit illmenne der som heitte Sjeba Bikrison og høyrde Benjamins-ætta til. Han bles i hornet og ropa: «Vi har ingen del i David, ingen lut i Isai-sonen. Heim att, kvar til seg, Israel!» Då skilde alle israelittane lag med David og fylgde Sjeba Bikrison. Men judearane heldt seg til kongen sin og fylgde han frå Jordan til Jerusalem. Då David kom heim til Jerusalem, tok han dei ti fylgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei under vakt i eit hus for seg sjølve. Han sytte for det dei trong, men han låg ikkje med dei. Der sat dei innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer. Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!» Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett. Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba Bikrison til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg mennene mine og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss!» Så drog Abisjai ut med alle mennene til Joab, med livvakta og alle krigarane. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba Bikrison. Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit belte. Til beltet var det fest ei slire med sverd i. Det glei ut og datt ned. Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok med høgre handa kring skjegget hans som om han ville kyssa han. Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen, så innvolen rann ut på marka, og han døydde straks av det eine stikket. Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba Bikrison. Men ein av mennene til Joab vart ståande attmed Amasa og ropa: «Fylg Joab, alle som held med han og høyrer til Davids menn!» Amasa låg på landevegen medan blodet flaut ikring han. Då mannen såg at alt folket stogga der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka og kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stogga. Då mannen hadde fått Amasa bort frå vegen, gjekk alle framom og fylgde Joab medan han jaga Sjeba Bikrison. Sjeba fór gjennom alle Israels-ættene til Abel-Bet-Ma’aka. Alle mennene i Bikri-ætta samla seg og fylgde han dit. Så kom Joab og Abisjai og kringsette han i Abel-Bet-Ma’aka. Dei kasta opp ein voll, som nådde bort til den ytre bymuren. Og heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla. Då var det ei klok kone som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Bed Joab koma nærare, så eg får tala med han.» Då gjekk han bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja,» svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestkvinna di har å seia.» «Eg høyrer,» svara han. Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord. Vi er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by, ei mor i Israel. Kvifor vil du øyda Herrens eigedom?» Joab svara: «Nei, eg vil på ingen måte øyda eller herja. Det har seg ikkje så. Men ein mann frå Efraims-fjella, som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kona: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.» Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen. Joab var hovding over heile Israels-hæren, og Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta. Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar. Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar. Ira av Ja’ir-ætta var òg prest hjå David. I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då vende David seg til Herren og spurde han til råds. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og ætta hans fordi han drap folk i Gibeon.» Kongen kalla då til seg mennene i Gibeon og tala med dei. Gibeons-buane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Israelittane hadde gjort pakt med dei, men Saul hadde prøvt å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane. David sa til Gibeons-mennene: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg sona det som er gjort, så de kan velsigna Herrens eigedom?» Gibeons-mennene svara: «Vi vil korkje ha sølv eller gull av Saul og ætta hans, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?» Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydja oss ut, så det ikkje skulle finnast att nokon av oss i heile Israels-landet. Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi bryta armar og bein på dei for Herren i Gibea, der Saul, Herrens utvalde, høyrde heime.» Då sa kongen: «De skal få dei.» Kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan og soneson til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren. Men kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa Ajjadotter, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal Saulsdotter hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola, og gav dei i hendene på Gibeons-mennene, som skamfór dei oppe på fjellet for Herrens åsyn. Såleis kom dei av dage alle sju på ein gong. Det var i dei fyrste dagane av skurdonna, tidleg i byggskurden, dei vart drepne. Rispa Ajjadotter tok syrgjeklede og breidde ut under seg på berget. Og der sat ho frå fyrst i kornskurden heilt til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho sytte for at fuglane under himmelen ikkje sette seg på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta. Då David fekk høyra kva Rispa Ajjadotter, fylgjekona til Saul, hadde gjort, drog han av stad og henta beina av Saul og Jonatan, son hans. Dei låg hjå Jabesj-buane i Gilead, som i løynd hadde teke lika bort frå torget i Bet-Sjean; der hadde filistarane hengt dei opp den dagen dei slo Saul på Gilboa. Då David hadde henta beina av Saul og Jonatan, son hans, derifrå, samla dei saman beina av dei som hadde vorte skamfarne. Og dei gravla beina av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava åt Kisj, far til Saul. Alt gjorde dei så som kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som steig opp frå landet. Endå ein gong vart det krig mellom filistarane og israelittane. David og mennene hans drog ned og stridde mot filistarane, og David vart trøytt og sliten. Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sekel, og han bar eit nytt sverd. Men Abisjai Serujason kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då gjorde Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i striden. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.» Sidan kom det til ny strid med filistarane, ved Gob. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane etter Rafa. Endå ein gong kom det til strid med filistarane ved Gob, og Elkanan, son til Ja’are-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom. Sidan kom det til strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa. Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned. Alle desse fire var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei. Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren. Han sa: Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar, min Gud, mitt fjell ¬som eg flyr til. Han er mitt skjold, ¬mitt frelsehorn og mitt vern, mi livd, min hjelpar ¬som friar meg frå vald. Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong, og eg vert frelst ¬frå mine fiendar. Dødens brotsjøar ¬braut ikring meg, undergangsstraumane ¬skræmde meg. Helheims reip ¬snørte seg om meg, dødens snarer låg i min veg. Då kalla eg på Herren ¬i mi naud og ropa til min Gud. Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel, til hans øyra nådde mitt rop. Då skalv og riste jorda, himmelens grunnvollar skok, dei skalv fordi han var harm. Røyk steig opp or hans nase, øydande eld or hans munn; gneistar og glør fór ut frå han. Han senka himmelen ¬og steig ned med svarte skyer ¬under sine føter. Sitjande på kjerubar flaug han, kom til synes ¬på vengene åt vinden. Han gjorde mørkret til sitt telt, og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer. Frå stråleglansen framføre han fór det ut gneistar og glør. Herren torna frå himmelen, Den Høgste lét røysta si lyda. Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar, han sende lyn og skræmde dei. Rennene på havbotnen ¬kom til synes, grunnvollane under jorda ¬viste seg då Herren truga, ja, bles og fnyste av vreide. Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg, drog meg opp ¬or det djupe vatnet. Han berga meg ¬frå min mektige fiende, frå motstandarar ¬som var meg for sterke. Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen, men Herren var ei støtte ¬for meg. Han førte meg ut i ope lende og fria meg ut, ¬for han har meg kjær. Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd, han lønte meg ¬fordi mine hender var reine. For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap. Alle hans lover ¬hadde eg for auga og veik ikkje av frå hans bod. For han var eg heil i mi ferd og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda. Herren lønte meg for mi rettferd, då han såg at eg var rein. Du er trufast ¬mot den som er trufast, heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar. Du viser deg rein mot ¬den reine, men vrang mot den svikefulle. Du frelser dei hjelpelause, men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei. Ja, du er mitt ljos, Herre, Herren lyser opp i mitt mørker. Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk, med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar. Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som flyr til han. For kven er Gud ¬forutan Herren, og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud? Gud er mitt sterke vern; han gjer mi ferd ulastande. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå på høgdene. Han lærer opp mine hender ¬til strid, mine armar til å spenna ¬bronsebogen. Du gjev meg di frelse til skjold, bøyer deg ned og gjer meg stor. Du jamnar veg for mine steg, og mine okle er støe. Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut, eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei. Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut, så dei ikkje kan reisa seg, men ligg under føtene mine. Du rustar meg ¬med styrke til striden og tvingar mine motstandarar ¬i kne. Du slår mine fiendar på flukt, eg rydjar ut dei som hatar meg. Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar, dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje. Eg knuser dei ¬som støv på jorda, trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata. Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid, heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag. Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg; framande kryp for meg, dei lyder berre dei høyrer ¬om meg. Ja, dei framande er utmødde, skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger. Herren lever! ¬Mitt berg vere lova! Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar. Gud gjev meg hemn og legg folkeslag under meg. Han friar meg frå mine fiendar, ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar og bergar meg frå valdsmenn. Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre, og prisar ditt namn med song. Han gjev sin konge store sigrar, han er trufast ¬mot den han har salva, mot David og hans ætt ¬til evig tid. Dette er Davids siste ord. Så seier David, son til Isai, så seier mannen ¬som høgt er sett, han som er salva ¬av Jakobs Gud, helten i Israels songar: Gjennom meg talar ¬Herrens Ande, hans ord er på mi tunge. Israels Gud har tala, Israels Berg har sagt til meg: «Den som styrer folket ¬med rettferd, den som rår med gudsfrykt, han er lik morgonljoset når sola renn ¬ein skylaus morgon, og graset gror i sol etter regn.» Så har mitt hus det med Gud. Med meg har han gjort ¬ei evig pakt, vel skipa og nøye halden. Ja, alt som tener til mi frelse, alt eg ynskjer, lèt han gro fram. Men dei gudlause, dei er alle lik tornar som ein kastar bort, ingen rører dei med hendene. Den som kjem nær dei, væpnar seg ¬med jern og spydskaft. Så vert dei brende i elden. Dette er namna på krigarane åt David: Fyrst var det Josjeb-Basjebet av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ein av dei tre krigarane som var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid der. Israelittane drog seg attende, men han heldt ut og hogg ned filistarar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger, og då stridsmennene vende om og fylgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistarane samla seg ved Leki. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistarane, gjekk Sjamma midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!» Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt dei mennene som våga livet då dei gjekk?» Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene. Så var det Abisjai, bror til Joab og son til Seruja; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti. Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre. Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve. Like eins felte han ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd. Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane. Han var høgt vørd mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si. Til dei tretti høyrde Asael, bror til Joab; Elkanan, son til Dodo, frå Betlehem; Sjamma frå Harod; Elika frå Harod; Heles frå Pelet; Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; Abieser frå Anatot; Mebunnai frå Husja; Salmon frå Akoak; Marai frå Netofa; Heleb, son til Ba’ana, frå Netofa; Ittai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; Benaja frå Piraton; Hiddai frå Ga’asj-dalane; Abi-Albon frå Bet-Ha’araba; Asmavet frå Bakurim; Eljakba frå Sja’albon; Jasjen-sønene; Jonatan; Sjamma frå Harar; Akiam, son til Sjarar, frå Harar; Elifelet, son til Ahasbai, frå Ma’aka; Eliam, son til Akitofel, frå Gilo; Hesro frå Karmel; Pa’arai frå Arab; Jigal, son til Natan, frå Soba; Bani frå Gad; Selek frå Ammon; Nakrai frå Be’erot, våpensveinen til Joab, son til Seruja; Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir; hetitten Uria. Det var i alt trettisju mann. Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!» Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: «Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.» Joab svara kongen: «Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?» Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane. Så drog Joab og hærførarane bort frå kongen og skulle mønstra Israels-folket. Dei sette over Jordan og slo leir ved Aroer, sør for den byen som ligg midt i Gads-dalen, og dei heldt fram til Jaser. Så kom dei til Gilead og til låglandet, som nyss var teke. Sidan kom dei til Dan, og frå Dan bøygde dei av mot Sidon. Så kom dei til festningsbyen Tyrus og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Be’er-Sjeba. Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem. Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen sterke, våpenføre menn og i Juda fem hundre tusen. Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjarta, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.» Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David, og det lydde så: «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.» Så gjekk Gad til David, la dette fram for han og sa: «Vil du at det skal vera hungersnaud i landet ditt i sju år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader medan dei forfylgjer deg, eller vil du at det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.» David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.» Så sende Herren ein pest over Israel, frå morgonen til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Be’er-Sjeba. Men då engelen rette ut handa si mot Jerusalem og ville øydeleggja byen, angra Herren på ulukka han hadde sendt, og han sa til engelen som herja mellom folket: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Aravna. Då David fekk auga på engelen som slo ned folket, sa han til Herren: «Det er eg som har synda; det er eg som har bore meg ille åt. Men desse, som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Lat heller handa di råka meg og ætta mi!» Same dagen kom Gad til David og sa: «Gå opp til treskjevollen åt jebusitten Aravna og reis eit altar for Herren der!» Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt, og Herren hadde bode. Som no Aravna såg nedover, fekk han auga på kongen og mennene hans, som kom mot han. Då gjekk Aravna ut, kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så folket kan friast for pesten.» Då sa Aravna til David: «Ta du vollen, herre konge, og ofra så kva du vil! Sjå, her er oksane til brennoffer og treskjesledane og åket åt oksane til ved. Alt dette vil Aravna gje deg, konge.» Og han la til: «Gjev Herren din Gud må vera nådig mot deg!» Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sekel sølv. Og han bygde eit altar for Herren der og bar fram brennoffer og måltidsoffer. Då høyrde Herren bønene som steig opp frå landet, og pesten heldt opp å herja i Israel. Då kong David var gamal og langt oppi åra, greidde han ikkje halda seg varm lenger, jamvel om dei breidde teppe på han. Difor sa mennene hans til han: «Lat dei finna ei ung jente til deg, herre konge, ei møy som kan stå til teneste og stella om deg. Når ho ligg i armane dine, vert du nok varm, herre konge.» Så leita dei i heile Israels-landet etter ei ven jente; og då dei fann Abisjag frå Sjunem, kom dei til kongen med henne. Det var ei ovven jente, og ho stelte om kongen og tente han. Men han låg ikkje med henne. Adonja, son til Haggit, hadde store tankar om seg sjølv og sa: «Eg vil vera konge.» Og så fekk han seg vogner og hestar og femti mann som skulle springa framføre han. Faren hadde aldri tala han til rettes og spurt kvifor han bar seg så eller så åt. Adonja var uvanleg ven. Han var fødd nest etter Absalom. Adonja samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, som fylgde han og hjelpte han. Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok, Benaja Jojadason, profeten Natan, Sjimi, Re’i og dei beste krigarane åt David. Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar bortmed Sohelet-steinen, som ligg attmed Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle judearar som var i teneste hjå kongen. Men han bad ikkje profeten Natan, Benaja og krigarane og heller ikkje Salomo, bror sin. Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, og David, herren vår, veit ikkje om det? Lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga både ditt eige liv og livet åt Salomo, son din. Gå inn til kong David og sei til han: Herre konge, har du ikkje med eid lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din? Korleis har det då gått til at Adonja har vorte konge? Og så, medan du enno står der og talar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta det du seier.» Då gjekk Batseba inn i soveromet til kongen. Han var svært gamal no, og Abisjag frå Sjunem stelte for han. Batseba la seg på kne og bøygde seg for kongen, og han spurde: «Kva er det du vil?» Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din. Men no har Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit ikkje om det. Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede. No vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera for dei kven som skal sitja på kongsstolen etter deg, herre konge. Elles kjem skulda til å kvila på meg og Salomo, son min, når du, herre konge, kviler hjå fedrane dine.» Medan ho endå tala med kongen, kom profeten Natan, og dei gjekk til kongen og sa at profeten Natan var der. Så steig han fram for kongen og kasta seg ned for han med andletet mot jorda. «Herre konge,» sa Natan, «har du sagt at Adonja skal vera konge etter deg og sitja på kongsstolen din? I dag har han gått ned og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, føraren for hæren og presten Abjatar. No et og drikk dei i lag med han og ropar: Leve kong Adonja! Men meg, tenaren din, har han ikkje bede og heller ikkje presten Sadok eller Benaja Jojadason eller Salomo, tenaren din. Kan dette vera kome frå deg, herre konge, utan at du har late tenarane dine få vita kven som skal sitja på kongsstolen etter deg?» Då tok kong David til ords og sa: «Kall Batseba hit til meg!» Ho kom fram for kongen og vart ståande der. Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud: Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja på kongsstolen i min stad, det set eg i verk i denne dag.» Då la Batseba seg på kne for kongen, bøygde seg til jorda og sa: «Gjev herren min, kong David, må leva evig!» Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen, sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda! Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo! Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.» Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge! Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.» Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda. Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!» Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden. Dette høyrde Adonja og alle gjestene hans. Dei var nett ferdige med måltidet, då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slikt ståk i byen?» Ikkje før hadde han sagt det, så kom Jonatan, son til presten Abjatar. «Kom hit!» sa Adonja. «Du er ein påliteleg mann og kjem visst med godt nytt.» «Nei,» svara Jonatan. «Kong David, herren vår, har gjort Salomo til konge. Han sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta med han, og dei lét Salomo ri på muldyret åt kongen. Og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge attmed Gihon-kjelda. Så fór dei opp att med glederop, og no er det oppstyr i byen. Det er ståket de høyrer. Salomo har alt sett seg på kongsstolen, og kongsmennene har kome og ynskt kong David, herren vår, til lukke. Dei seier: Gjev din Gud må gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera hans kongsstol endå større enn din. Då bøygde kongen seg i bøn på lega si og sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag har sett ein av etterkomarane mine på kongsstolen, så eg har fått sjå det med eigne augo.» Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant. Adonja vart så redd for Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip om altarhorna. Salomo fekk melding om at Adonja hadde vorte så redd for kongen at han hadde gripe om altarhorna og sagt: «No må kong Salomo lova meg med eid at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.» Salomo sa: «Vil han fara fram som ein ærleg mann, skal det ikkje verta skadt eit hår på hovudet hans. Men viser det seg at han har vonde planar, skal han døy.» Så sende kong Salomo folk av stad, og dei tok han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim til deg sjølv.» Då det leid til den tid at David skulle døy, sa han til Salomo, son sin: No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Men ver du sterk, og vis at du er ein mann! Gjev akt på det som Herren din Gud har fastsett! Gå på hans vegar og hald hans føreskrifter, bod, lover og føresegner, som dei står skrivne i Moselova. Då skal det lukkast for deg, alt det du gjer og tek deg føre. For Herren vil oppfylla den lovnaden han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt åsyn i truskap, av heile sitt hjarta og heile sin hug, skal det aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.» Du veit sjølv korleis Joab Serujason har bore seg åt mot meg. Kom i hug kva han gjorde med dei to hærførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson. Han drap dei og rende ut blod i fredstid som om det var krig. Såleis fekk han blod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene. Bruk no det gode vitet ditt, og lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket! Men sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera vel imot. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg rømde for Absalom, bror din. Du har òg hjå deg Sjimi, son til Gera frå Bakurim, av Benjamins-ætta. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg fór til Mahanajim. Men sidan kom han og møtte meg nedmed Jordan. Då svor eg ved Herren og lova at eg ikkje skulle la han døy for sverd. Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera, så du får sendt han ned til dødsriket med blod i det gråe håret. Så gjekk David til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Davids-byen. I førti år hadde han vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. Salomo fylgde etter David, far sin, på kongsstolen, og kongedømet hans vart sterkt og fast. Ein dag kom Adonja, son til Haggit, inn til Batseba, mor åt Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja,» svara han, «eg har noko å tala med deg om.» «Tal du!» sa ho. Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle verta konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv. No er det berre ein ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba. Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.» Batseba svara: «Ja vel, eg skal tala med kongen for deg.» Så gjekk Batseba til kong Salomo og ville leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Det vart sett fram ein stol for kongsmora, og ho sette seg attmed han på høgre sida. Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» Kongen svara: «Sei kva du ynskjer, mor! Eg viser deg ikkje bort.» Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!» Men kong Salomo tok til ords og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongedømet for han. Han er då bror min og eldre enn eg, og han har presten Abjatar og Joab Serujason på si side.» Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet! Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!» Så sende kong Salomo Benaja Jojadason i veg; han rauk på Adonja og drap han. Til presten Abjatar sa kongen: «Far heim til garden din i Anatot! Du har gjort deg skuldig til døden. Men eg vil ikkje drepa deg i dag; for du har bore paktkista åt Herren Gud framfor David, far min, og du har vore med far min og lide alt det han laut lida.» Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Eli-ætta i Sjilo. Då Joab fekk høyra kva som hadde hendt, rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. For han hadde halde med Adonja, endå han ikkje hadde halde med Absalom. Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær til altaret. Då sende han Benaja Jojadason i veg og sa: «Gå og hogg han ned!» Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal gå bort herifrå.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.» Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara. Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farsætta mi for den skulda som Joab førte over oss då han rende ut blodet åt skuldlause menneske. Herren vil la blodskulda koma over han, fordi han hogg ned to menn som var rettferdigare og betre enn han: Abner Nersson, hærføraren i Israel, og Amasa Jetersson, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det. I all framtid skal Joab og etterkomarane hans bera skulda for drapet på dei. Men David og etterkomarane hans, huset og kongsstolen hans skal Herren la det gå vel i all framtid.» Så gjekk Benaja Jojadason opp og gav Joab banehogg, og han vart gravlagd i heimen sin ute på landet. Kongen sette Benaja Jojadason til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar. Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort, korkje til den eine eller andre staden. Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, då skal du døy. Og sjølv har du skulda for at du vert drepen.» Sjimi svara: «Ja vel, tenaren din skal gjera som du seier, herre konge.» Sidan budde Sjimi lenge i Jerusalem. Men då tre år var lidne, hende det at to av trælane hans rømde til Akisj Ma’akason, kongen i Gat. Då Sjimi fekk vita at trælane var i Gat, gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han ville fara til Akisj i Gat og leita etter trælane sine. Sjimi fór av stad og henta trælane i Gat. Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen heim att. Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita at den dagen du tek ut frå byen og fer til den eine eller andre staden, då skal du døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier. Kvifor har du då ikkje halde den eiden du svor ved Herren, og det påbodet eg gav deg?» Og kongen heldt fram: «Du veit sjølv kor mykje vondt du har gjort David, far min. No lèt Herren vondskapen din koma over deg sjølv. Men kong Salomo skal vera velsigna, og Davids kongsstol skal i alle tider stå trygt for Herrens åsyn.» Så baud kongen Benaja Jojadason gå ut og hogga han ned. Såleis døydde Sjimi. Sidan hadde Salomo kongedømet trygt i si hand. Salomo fekk farao, kongen i Egypt, til verfar. Han gifte seg med dotter til farao og førte henne heim til Davids-byen. Der budde ho til han hadde bygt ferdig sitt eige hus, Herrens hus og muren kring Jerusalem. Folket ofra endå på haugane; for på den tid var det ikkje bygt noko hus for Herrens namn. Salomo elska Herren og fylgde føresegnene åt David, far sin. Men han slakta og brende offerdyr på haugane. Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der. I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: «Sei kva du vil at eg skal gje deg!» Salomo svara: «Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?» Herren tykte vel om bøna åt Salomo. Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.» Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine. På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen. Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne. Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset. Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han. Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm. Som eg no stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var det ikkje den guten eg hadde født.» Då sa den andre kvinna: «Nei, den guten som lever, er min, og den som er død, er din.» Men den fyrste svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Såleis stod dei og tretta framfor kongen. Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min gut som lever, og din som er død. Og den andre seier: Nei, det er min gut som lever, og din som er død. Henta eit sverd til meg!» sa kongen. Då kom dei inn til kongen med eit sverd, og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart!» Då loga kjærleiken opp i henne som var mor til det levande barnet, og ho sa: «Høyr på meg, herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Vi skal ikkje ha han anten eg eller du. Berre hogg til!» Då tok kongen til ords og sa: «Lat henne få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mora.» Det spurdest over heile Israel korleis kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen. For dei såg at han hadde visdom frå Gud til å skifta rett. Salomo var konge over heile Israel. Dette var dei øvste embetsmennene hans: Asarja, son til Sadok, var prest; Elihoref og Akia, sønene til Sjisja, var riksskrivarar; Josjafat, son til Akilud, var kanslar; Benaja, son til Jojada, var hærførar; Sadok og Abjatar var prestar; Asarja, son til Natan, var hovding over futane; Sabud, son til Natan, var kongsven; Akisjar var slottshovding; Adoniram, son til Abda, hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid. Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for mat og drikke til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det. Dette er namna deira: son til Hur, i Efraims-fjellet; son til Deker, i Makas, Sja’albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan; son til Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-bygda; son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo; Ba’ana, son til Akilud, hadde Ta’anak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisre’el, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam; son til Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane åt Ja’ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar; Akinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim; Akima’as hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat; Ba’ana, son til Husjai, i Asjer og Alot; Josjafat, son til Paruak, i Jissakar; Sjimi, son til Ela, i Benjamin; Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt; dessutan var det ein fut i Juda. Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden på havsens strand. Dei åt og drakk og var glade. Salomo rådde over alle kongerika frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei svara skatt og stod under han så lenge han levde. Til hushaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor kveitemjøl og seksti kor anna mjøl, ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått på beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser. Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred på alle kantar. I Juda og Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, sat kvar mann trygt under sitt vintre og sitt fikentre så lenge Salomo levde. Salomo hadde tolv tusen hestfolk og stallrom til førti tusen vognhestar. Dei tolv futane sytte kvar sin månad for mat og drikke til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; og dei lét det ikkje skorta på noko. Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd. Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand. Salomo hadde større visdom enn alle austmennene og egyptarane. Han var visare enn alle menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle folkeslaga rundt ikring. Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet. Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar. Frå alle land kom det folk og ville høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans. Då Hiram, kongen i Tyrus, fekk høyra at Salomo var salva til konge etter far sin, sende han nokre av mennene sine til han. For Hiram hadde alltid vore godvener med David. Sidan sende Salomo bod til Hiram med desse orda: «Du veit at David, far min, ikkje fekk bygt eit hus for namnet åt Herren sin Gud, av di han hadde ufred med fiendane sine på alle kantar, til dess Herren la dei under føtene hans. Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar og ingen fare meir. Difor tenkjer eg no å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud, så som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt. Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg på Libanon. Så skal mine folk arbeida saman med dei, og eg skal gje deg det du bed om i løn til folka dine. For du veit at det finst ingen hjå oss som skjønar seg så vel på tømmerhogst som sidonarane.» Då Hiram fekk denne bodskapen frå Salomo, vart han inderleg glad og sa: «Lova vere Herren i dag, han som har gjeve David så vis ein son og sett han til å styra dette store folket.» Så sende Hiram bod til Salomo med desse orda: «Eg har fått den bodskapen du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrea og sypressane. Folka mine skal føra dei frå Libanon ned til havet. Så skal vi leggja dei i flåtar på sjøen og føra dei til den staden du nemner for meg. Der skal vi ta dei frå kvarandre, og så kan de henta dei. Sidan må du gjera som eg ynskjer, og la meg få det eg treng til hushaldet mitt.» Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar. Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende han til Hiram kvart år. Herren gav Salomo visdom, så som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan. Kong Salomo tok ut pliktarbeidarar i heile Israel. Tretti tusen mann tok han ut, og han sende dei i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei på Libanon og to månader heime. Adoniram hadde tilsyn med pliktarbeidarane. Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet, forutan dei arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde tilsyn med arbeidsfolket. Kongen baud at dei skulle bryta ut store og verdfulle steinar; for grunnmuren under templet skulle vera av hoggen stein. Bygningsmennene åt Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som templet skulle byggjast av. Salomo tok til å byggja Herrens hus i det 480. året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i siv månad, som er den andre månaden. Salomo var då konge i Israel på fjerde året. Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt. Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei, mælt ut frå huset. På huset laga han vindaugo med skrånande karmar og gitter. Rundt den ytre husmuren, både langs tempelhalla og det inste romet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom. Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks og den øvste sju. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset, så han slapp å føra bjelkane inn i sjølve tempelveggen. Då huset vart reist, bygde dei det av stein som var tilhoggen i steinbrotet. Det høyrdest korkje hamar eller meisel eller nokon annan jernreiskap i huset då det vart bygt. Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på sørsida av huset. Ei tropp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda. Då Salomo hadde reist tempelbygget, tekte han det med bjelkar og bord av sedertre. I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde så: «No byggjer du dette huset. Dersom du då ferdast etter føresegnene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og fylgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din. Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.» Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig. Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord. Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage. Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang. Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad. Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå. Dette romet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med fint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar; det kledde han med sedertre. Salomo kledde huset innvendes med fint gull. Han hengde gullkjeder bortover veggen framfor det inste romet og kledde han med gull. Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste romet, kledde han med gull. I det inste romet laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang, og hin vengen var òg fem alner. Det var ti alner frå vengespiss til vengespiss. Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane var like store og like å sjå til. Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg. Desse kjerubane sette han i det inste romet i huset. Og dei breidde ut vengene sine, så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i templet. Han kledde kjerubane med gull. Alle veggene i huset prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, både i det indre og det ytre romet. Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet. Ved inngangen til det inste romet sette han ei vengedør av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar. Dei to vengedørene av oliventre prydde han med utskjeringar av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, og han kledde dei med gull, som han la over kjerubane og palmene. Like eins laga han dørstolpar av oliventre for inngangen til tempelhalla. Dørkarmane skråna innover i fire avsatsar. Dei to dørvengene var av sypresstre. Begge dørvengene hadde to halvdører, som kunne svingast. Han prydde dei med utskorne kjerubar, palmer og utsprotne blomar og kledde dei med gull som vart lagt jamt utover utskjeringane. Han bygde den indre føregarden med tre lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar. Grunnvollen til Herrens hus vart lagd i det fjerde året, i siv månad; og i det ellevte året, i bul månad, som er den åttande månaden, gjorde Salomo huset ferdig med alt som til høyrde, og i eitt og alt som det skulle vera. Då hadde han bygt på det i sju år. Salomo bygde på kongsgarden sin i tretten år før han fekk han ferdig. Fyrst bygde han Libanon-skoghuset. Det var hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar. Over sideroma, som kvilte på søylene, var det eit tak av sedertre. I alt var det førtifem rom, femten i kvar rad. I huset var det tre rader vindaugo med karmar. Vindaugo låg midt for kvarandre i tre høgder. Alle dørene og vindaugo hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder. Så bygde han søylehalla, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor den var det ei forhall med søyler, og framfor den att eit skjermtak. Sidan bygde han tronhalla, der han sat og dømde, Domshalla. Han kledde henne med sedertre frå golvet til takbjelkane. Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhalla. Det var bygt på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det òg likna forhalla. Alle desse bygningane var av dyre steinar, som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnvollen opp til murkransen og frå utkanten av borga inn til den store borggarden. Grunnmuren var av store og dyre steinar, steinar på ti alner og på åtte alner. Over dei var det dyre steinar, som var hogne etter mål, og sedertre. Rundt den store borggarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Såleis var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhalla til slottet. Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus. Han var son til ei enkje av Naftali-ætta, og far hans var ein koparsmed frå Tyrus. Hiram var ein dugande mann og hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort. Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner om ho skulle nå rundt henne. Den andre søyla var like stor. Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart av dei var fem alner høgt. På søylehovuda øvst på søylene var det flettverksarbeid. Og på kvart søylehovud hang det sju snorer som likna kjeder. Han laga to rader med granateple kring det eine av flettverka som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Såleis gjorde han med det andre søylehovudet òg. Søylehovuda øvst på søylene i forhalla var på skap som lotusblomar og mælte fire alner. På begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktninga på den andre sida av flettverket, var det granateple. Dei var to hundre i talet og hang i rader rundt ikring søylehovuda. Han reiste søylene attmed forhalla til templet. Den søyla som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på venstre sida, kalla han Boas. Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført. Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det. Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei. Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat. Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge. Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene. På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid. Kvart fotstykke hadde fire hjul av bronse og åsar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar, som var støypte på under kjelen. Bak kvar av dei var det kransar. Opninga for kjelen var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Ho var rund og hadde eit underlag på halvanna alen. På opninga var det utskjeringar. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde. Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulåsane sat på fotstykket. Kvart hjul var halvanna alen høgt. Hjula var laga som vognhjul; åsane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt. Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart fotstykke. Berearmane var støypte i eitt med fotstykket. Øvst på kvart fotstykke gjekk det ei runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst på fotstykket og var støypte i eitt med det. På flatsida av handtaka og på berearmane skar han ut kjerubar, løver og palmer etter som det var rom til, og kransar rundt ikring. Såleis laga han dei ti fotstykka for offerkjelar. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form. Så laga han ti kjelar av bronse. Kvar kjel tok førti bat og var fire alner i tverrmål. Det var ein kjel for kvart av dei ti fotstykka. Fem av fotstykka sette han på sørsida av templet og fem på nordsida. Havet sette han på sørsida, ved det søraustre hjørnet. Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført alt det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus: to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å dekkja dei to skålene; dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene; dei ti fotstykka med dei ti kjelane på; havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under; oskefata, eldskuflene og offerskålene. Alt dette som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan. Salomo lét vera å vega alle desse tinga, fordi mengda var så stor. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på; ljosestakane framfor det inste romet, fem på sørsida og fem på nordsida, av fint gull, med blomar; ljosesaksene og tengene av gull; bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av fint gull. På utsida var dørene til det inste romet i huset, til Det høgheilage, og dørene til tempelhalla lagde med gull. Så var det fullført, alt arbeidet som kong Salomo hadde late gjera på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigt til Herren, både sølvet og gullet og kara. Han la det inn i skattkammera i Herrens hus. Då kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til seg i Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion. Og alle menn i Israel samla seg hjå kong Salomo på høgtida i etanim månad, det er den sjuande månaden i året. Då alle dei eldste i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkiste og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei. Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden som hadde samla seg hjå han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei. Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane. For kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene. Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag. I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt. Så hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, at skya fylte Herrens hus. Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte templet. Då sa Salomo: Herren har sagt at han vil bu i skoddemørkret. No har eg bygt deg ein bustad, ein stad der du kan bu ¬til evig tid. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden medan dei alle stod. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i gjerning har oppfylt den lovnaden han gav David, far min, då han sa: «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.» Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud. Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det. Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.» Og Herren har halde den lovnaden han gav. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud. Der har eg stelt til ein stad for den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med fedrane våre då han førte dei ut or Egypt. Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn. Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag. Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til meg, som du har gjort.» Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, far min, tenaren din! Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt! Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag! Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev! Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Døm den skuldige skuldig, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd! Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset, då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav fedrane deira. Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei, då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige. Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket, og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset, då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta. Så skal dei ottast deg så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre. Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld. For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, med augo vende mot dette huset, så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett. Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei er fangar, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.» Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i fiendelandet, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, med augo vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, då må du høyra dei inderlege bønene deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt alle syndene og misgjerningane dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei gjer sælebot på dei. Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førte ut or Egypt, midt ut or jernomnen. Lat augo dine vera opne for dei inderlege bønene som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, så du alltid høyrer på dei når dei ropar til deg. For du har skilt dei ut frå alle folkeslag på jorda, så dei skal vera din eigedom, som du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut or Egypt, Herre, vår Gud! Då Salomo hadde bore fram heile denne inderlege bøna for Herren, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen. Han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa: Lova vere Herren, som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda. Gjev Herren vår Gud må vera med oss som han var med fedrane våre! Gjev han aldri må sleppa oss og aldri støyta oss frå seg, men bøya hjarta vårt til seg, så vi alltid går på hans vegar og held dei bod, føresegner og lover som han gav fedrane våre. Gjev denne inderlege bøna som eg har bede til Herren, må koma fram for Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst dag for dag. Då skal alle folk på jorda skjøna at Herren er Gud, han og ingen annan. Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de ferdast etter hans føresegner og held hans bod, som de gjer i dag. Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren. Og Salomo bar fram måltidsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus. Same dagen vigsla kongen midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma både brennofferet, grødeofferet og måltidsofferet. Samstundes heldt Salomo høgtida, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. I sju dagar og sju dagar til, i alt fjorten dagar, heldt dei høgtid for Herren vår Guds åsyn. Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt. Då Salomo hadde fullført Herrens hus, kongsgarden og alt det andre som han hadde hug til å gjera, då synte Herren seg for han andre gongen, som han hadde synt seg for han i Gibeon, og sa til han: Eg har høyrt den inderlege bøna som du bar fram for meg. Eg har helga dette huset som du har bygt, og vil la namnet mitt bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det. Ferdast du no for mitt åsyn med heilt hjarta og ærleg hug, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du boda og lovene mine, så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol. Men vender de dykk bort frå meg, de og borna dykkar, og ikkje held dei bod og føresegner som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei, då vil eg rydja israelittane ut or det landet eg gav dei. Og det huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn, og Israel skal verta eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, fæla og spotta og spørja: «Kvifor har Herren fare så med dette landet og dette huset?» Då skal folk svara: «Fordi dei vende seg bort frå Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har Herren ført all denne ulukka over dei.» Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, templet og slottet, gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ville ha. Men då Hiram kom frå Tyrus og skulle sjå på dei byane han hadde fått av Salomo, lika han dei ikkje. Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, bror?» Og han kalla dei Kabul-landet, som dei heiter den dag i dag. Hiram hadde sendt kongen hundre og tjue talentar gull. Såleis hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, Hasor, Megiddo og Geser: Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han hadde brent byen og drepe kanaanearane som budde der. Sidan hadde han gjeve byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo. Salomo bygde opp att Geser, og like eins Nedre Bet-Horon, Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet, alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over. Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet. Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo. Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og måltidsoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn. Så bygde han templet ferdig. Kong Salomo bygde òg skip i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, på Sevsjø-stranda i Edom. På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene åt Salomo. Dei fór til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei hadde med seg heim til kong Salomo. Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, det som gjekk om han for Herrens namn skuld, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, med kamelar som bar krydder, store mengder gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar. No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt, rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, skjenkjarsveinane hans og brennoffera som han bar fram i Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din! Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg halvparten; du er både visare og rikare enn eg har høyrt. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din! Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.» Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med krydder til landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo. Elles hadde skipa til Hiram, som henta gull frå Ofir, med seg store mengder sandeltre og dyre steinar derifrå. Av sandeltreet fekk kongen laga rekkverk til Herrens hus og kongsgarden og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet eller vore å sjå til denne dag. Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det han gav henne i kongeleg venskapsgåve. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver. På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar. Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda. Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr. Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling. Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane. Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine. Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.» Herren laga det så at Salomo fekk ein motstandar. Det var Hadad, ein mann av kongsætta i Edom. Då David slo Edom, drog hærføraren Joab av stad og skulle gravleggja dei som var falne i striden, og han slo i hel alle menner i Edom. I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom. Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen. Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord. Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone. Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao. Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land!» Farao spurde: «Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel!» Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba. Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen. Reson låg i strid med Israel så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel. Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen. Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans. No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera. Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka. Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg. Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene. Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde. Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine. Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg. Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt. No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel. Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel. Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid. Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død. Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han gjorde, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka åt Salomo. I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel. Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin. Og Rehabeam, son hans, vart konge etter han. Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge. Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der budde han. No sende dei bod etter han. Og så kom han og heile Israels-lyden til Rehabeam og sa: «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.» Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg. Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?» Dei sa: «Høyrer du på folket i dag, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.» Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.» Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min. Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.» Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!» Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han, men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.» Kongen høyrde ikkje på folket. Herren laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo. Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret: «Kva del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, ¬for ditt eige hus!» Så fór israelittane heim att. Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem. Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag. Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så: «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket: Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel. Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta. Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.» Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.» Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan. Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der. Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta. Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel. Offeret bar han fram på det altaret han hadde bygt i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret og ville ofra der. Men best som Jeroboam stod for altaret og kveikte offerelden, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel. På Herrens bod ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids-ætta; Josjia skal han heita. På deg skal han ofra offerhaug-prestane som brenner offer på deg; på deg skal han brenna menneskebein.» Samstundes varsla han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.» Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han ut handa frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att. Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens bod. Då tok kongen til ords og sa til gudsmannen: «Sjå om du kan vinna godvilje hjå Herren din Gud, og bed for meg at eg må få ta handa til meg att.» Gudsmannen gjorde som han bad, og då kunne kongen ta handa til seg; ho vart som ho hadde vore. Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på; så skal eg gje deg ei gåve.» Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg korkje smaka mat eller drikke; for Herren gav meg dette påbodet då han tala til meg: Du skal ikkje eta eller drikka noko og ikkje fara heim att same vegen som du kom.» Så gjekk han, og han fór ikkje heim att den vegen han var komen til Betel, men tok ei anna lei. I Betel budde det ein gamal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei hadde fortalt det til far sin, spurde han: «Kva veg tok han?» Sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda. Då sa han til dei: «Sala eselet for meg!» Dei sala eselet, og han sette seg oppå og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under ei terebinte og spurde: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» «Ja, det er eg,» svara han. Då sa profeten til han: «Ver med meg heim og få deg litt mat!» Men gudsmannen svara: «Eg kan ikkje fylgja deg attende og ta inn hjå deg. Eg vil korkje eta eller drikka noko saman med deg på denne staden. For så lydde Herrens ord til meg: Du skal ikkje eta eller drikka noko der og ikkje fara heim att den vegen du kom.» Då sa den andre: «Eg òg er profet liksom du. Ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Ta han med deg heim, så han kan få seg mat og drikke.» Men då han sa det, laug han for han. Så vart gudsmannen med han heim og åt og drakk i huset hans. Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim, og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda: «Så seier Herren: Sidan du trassa Herrens ord og ikkje heldt deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg, men gjekk attende og åt og drakk på den staden der han hadde sagt at du ikkje skulle eta eller drikka, så skal liket ditt ikkje koma i grava åt fedrane dine.» Då gudsmannen hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han, og han tok av stad. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg. Best det var, kom det nokre menn framom. Dei såg liket som låg slengt på vegen, og løva som stod attmed det. Då dei kom til byen der den gamle profeten budde, fortalde dei om det dei hadde sett. Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.» Så sa profeten til sønene sine: «Sala eselet for meg!» Dei så gjorde, og han tok av stad. Han fann liket liggjande på vegen og eselet og løva som stod attmed det. Løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund eselet. Profeten tok den drepne gudsmannen, la han på eselet og hadde han med seg heim. Den gamle profeten kom til byen og ville halda syrgjehøgtid over gudsmannen og gravleggja han. Han la liket i si eiga grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: «Ai, ai, bror!» Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja beina mine attmed hans. For det skal gå i oppfylling, det ordet han på Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomane på haugane ved byane i Samaria.» Trass i denne hendinga vende ikkje Jeroboam om frå si vonde ferd. Han heldt fram med å setja kven han ville til prestar på offerhaugane. Alle som hadde hug til det, vigde han til prestar på haugane. Dette førte skuld over Jeroboams ætt, og det var grunnen til at ho vart øydd og utrudd av jorda. På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk. Då sa Jeroboam til kona si: «Ta og kled deg ut, så ingen kan sjå at du er kona mi. Gå så til Sjilo, der profeten Akia bur, han som spådde at eg skulle verta konge over dette folket. Ta med deg ti brød, nokre kaker og ei krukke med honning og gå til han; så seier han deg nok korleis det skal gå med guten.» Kona gjorde som han bad. Ho ferda seg til og fór til Sjilo og kom til huset åt Akia. Akia kunne ikkje sjå; han var stiv i blikket fordi han var så gamal. Men Herren hadde sagt til han: «No kjem kona åt Jeroboam og vil spørja deg til råds om son sin; for han er sjuk. Så og så skal du svara henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei anna.» Då Akia høyrde lyden av fotstega hennar i døra, sa han: «Kom inn, du kona åt Jeroboam! Kvifor læst du vera ei anna? Eg har fått så tung ein bodskap til deg. Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut or folket og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt. Eg reiv riket frå Davidsætta og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og fylgde meg av heile sitt hjarta, så han berre gjorde det som rett var i mine augo. Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar, støypte gudebilete. Såleis har du harma meg, og du har vendt meg ryggen. Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydja ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både store og små. Og eg vil sopa etter Jeroboams ætt, som når ein sopar bort bos, til det ikkje finst eit grann att. Den av Jeroboams-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala. No skal du gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet. Heile Israel skal halda syrgjehøgtid over guten og fylgja han til grava. For han var den einaste i Jeroboams ætt som Herren, Israels Gud, fann noko godt hjå. Men Herren vil reisa opp ein konge over Israel som skal rydja ut Jeroboams ætt. No er dagen komen då Herren skal slå israelittane, så dei vert liksom sevet som svagar hit og dit i vatnet. Han skal rykkja dei opp or dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat, fordi dei har laga seg Asjera-pålar og harma Herren. Han skal gje Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam har gjort og fått Israel til å gjera.» Då tok kona til Jeroboam ut og fór heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten. Heile Israel fylgde han til grava og heldt syrgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Akia, tenaren sin. Det som elles er å seia om Jeroboam, om krigane han førte, og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han. I Juda rådde Rehabeam, son til Salomo. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon. Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort. Dei bygde seg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre. Det fanst jamvel folk i landet som dreiv tempelutukt. Dei tok etter all den styggedomen som gjekk føre seg hjå dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane. Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt i slottsporten, til å ta vare på dei. Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet. Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida. Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon. Abia, son hans, vart konge etter han. I det attande styringsåret åt Jeroboam Nebatsson vart Abia konge i Juda. Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom. Abia fylgde den same vegen som faren og gjorde dei same syndene som han. Han heldt seg ikkje til Herren sin Gud av heile sitt hjarta, som David, ættefar hans, hadde gjort. Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne fylgja etter han, og lét Jerusalem få stå. For David gjorde det som rett var i Herrens augo. I heile sitt liv veik han ikkje av frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria. Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde. Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan. Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han. I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda. Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom. Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort. Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga. Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde. Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda. Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han gav det til mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han: «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.» Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og alle Kinneret-bygdene, attåt heile Naftali-landet. Då Basja fekk melding om det, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han busette seg i Tirsa. No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken; og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste kong Asa festningsverk i Geba i Benjamin og i Mispa. Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han gjorde, og om byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene. Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han. I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år. Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett. Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han. Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin. Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud. Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde. I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Akia, konge over heile Israel. Han styrte i Tirsa i tjuefire år. Basja gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som Jeroboam og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Då kom Herrens ord om Basja til Jehu Hananison, og det lydde så: «Eg har lyft deg opp or støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har fylgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har harma meg med syndene sine. Difor vil eg no sopa etter Basja og ætta hans. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson. Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.» Det som elles er å seia om Basja og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Så gjekk Basja til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han. Men gjennom profeten Jehu Hananison hadde Herrens ord alt nått Basja og hans ætt, ikkje berre for alt det vonde han gjorde for Herrens augo då han vekte harmen hans på same vis som Jeroboams-ætta, men òg fordi han hadde tynt heile den ætta. I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år. Ein av mennene hans, som heitte Simri og var hovding over halvparten av stridsvognene, fekk til ei samansverjing mot han. Ein gong han var i Tirsa og drakk seg eit rus hjå Arsa, slottshovdingen der, kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret åt Juda-kongen Asa. Og så vart Simri konge etter Ela. Med det same han hadde vorte konge og sett seg på kongsstolen, slo han i hel heile Basjas ætt. Han sparte ikkje ein einaste mann, korkje av dei næraste frendane eller venene hans. Simri rudde ut heile Basjas ætt, så som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu. For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med dei gagnlause gudane sine hadde dei harma Herren, Israels Gud. Det som elles er å seia om Ela og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til. Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel. Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren, og dei kringsette Tirsa. Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet i slottet, brende slottet opp over hovudet på seg og døydde. Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei. Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. No delte Israels-folket seg i to. Den eine halvparten fylgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge; den andre halvparten fylgde Omri. Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge. I det trettifyrste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. Der bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde ått fjellet. Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han. Han fylgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam Nebatsson og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Med dei gagnlause gudane sine harma han Herren, Israels Gud. Det som elles er å seia om Omri og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han. I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år. Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han. Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han. I det Ba’al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba’al. Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han. I Akabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva Nunsson. Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.» Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan! Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.» Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til. Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken. Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.» Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!» Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: «Ta med deg eit stykke brød til meg òg!» Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy.» Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.» Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar. Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia. Ei tid etter at dette hadde hendt, vart son til kona som åtte huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han. Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen og vil minna meg om synda mi, så guten min skal døy.» Han svara: «Lat meg få son din!» Så tok han guten or fanget hennar, bar han opp på tak-kammeret der han budde, og la han på senga si. Han ropa til Herren og sa: «Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hjå, at du lèt son hennar døy?» Så tøygde han seg tre gonger bortover barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få att livet!» Og Herren høyrde bøna åt Elia. Guten fekk att livet; han livna til. Elia tok barnet og bar det frå loftet og ned i stova. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!» Då sa kona til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herren verkeleg talar gjennom deg.» Så gjekk det ei lang tid. Tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Akab! Eg vil senda regn over jorda.» Elia gjekk i veg og steig fram for Akab. Det var stor hungersnaud i Samaria. Då kalla Akab til seg Obadja, slottshovdingen sin. Obadja var ein mann som hadde stor age for Herren. Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei. No sa Akab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi då finn gras, så vi kan halda liv i hestar og muldyr og ikkje treng slakta noko av buskapen.» Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Akab fór ein veg og Obadja ein annan. Som no Obadja gjekk framover vegen, møtte han Elia. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg ned og sa: «Er det du, min herre Elia?» Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.» Men Obadja sa: «Kva vondt har eg gjort, sidan du vil gje meg i hendene på Akab og la han drepa meg? Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som herren min ikkje har sendt bod til og spurt etter deg. Når dei så svara at du ikkje var der, lét han det riket og det folket gjera eid på at dei ikkje kunne finna deg. Og så seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Når eg no går frå deg, vil Herrens Ande ta deg og føra deg bort til ein stad som eg ikkje veit om. Kjem eg så og seier frå til Akab, og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då hatt age for Herren heilt ifrå ungdomen. Har du ikkje høyrt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde hundre mann i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei. Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!» Då sa Elia: «Så sant han lever, Herren, Allhærs Gud, som eg tener: I denne dag skal eg stiga fram for kongen.» Så gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og fortalde han dette, og Akab gjekk av stad, ville møta Elia. Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?» Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og ætta di. For de har vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’al-gudane. Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som går til bords hjå Jesabel!» Så sende Akab bod ikring til alle israelittane og stemnde profetane saman på Karmel-fjellet. Då steig Elia fram for alt folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Ba’al Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord. Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men Ba’al-profetane er fire hundre og femti mann. Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, lema han sund og leggja han på veden; men dei må ikkje kveikja eld på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld. Så kan de kalla på guden dykkar, og eg vil kalla på Herren. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Ja, lat det vera så!» Då sa Elia til Ba’al-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til fyrst, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!» Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og ropa på Ba’al frå morgon til middag. «Svar oss, Ba’al!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka dei kring altaret dei hadde reist. Då det var middag vorte, tok Elia til å spotta dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått for seg sjølv eller er ute og ferdast. Kan henda søv han og må vakna fyrst.» Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vis, til blodet rann ned over dei. Då det leid over middag, tok dei til å rasa. Såleis heldt dei på til den tid grødeofferet vert frambore. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei. Då sa Elia til folkehopen: «Kom hit til meg!» Og alt folket gjekk bortåt han. Så bygde han opp att Herrens altar, som var nedrive. Han tok tolv steinar, ein for kvar av dei folkegreinene som var ætta frå sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.» Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei veit så stor at ho svara til ein åker som tek to mål såkorn. Han la veden til rettes, lema sund oksen og la han oppå veden. Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen. Vatnet rann rundt ikring altaret. Jamvel veita fylte han med vatn. Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kjent i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette! Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende til deg!» Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita. Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!» Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der. Sidan sa Elia til Akab: «No kan du gå opp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.» Då gjekk Akab opp og heldt måltid. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea. Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!» Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky som stig opp or havet. Ho er ikkje større enn neven på ein mann.» Då sa Elia: «Gå og sei til Akab at han må spenna føre og fara heim, så regnet ikkje skal hefta han!» På ein augneblink svartna himmelen til med skyer og storm, og det tok til å stridregna. Akab steig opp i vogna si og køyrde til Jisre’el. Då kom Herrens hand over Elia. Han batt beltet om livet og sprang føre Akab heilt til Jisre’el. Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.» Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. «No er det nok,» sa han, «ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.» Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!» Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.» Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta. Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?» Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola. Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?» Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» Då sa Herren til han: «Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.» Då Elia fór bort frå Horeb, møtte han Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv fylgde han siste paret. Med det same Elia gjekk framom, kasta han kappa si over han. Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg fyrst få kyssa far og mor til avskil, så skal eg fylgja deg!» Elia svara: «Gå berre heim, du! For du veit kva eg har gjort med deg.» Då snudde Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket koka han kjøtet. Det gav han til folket, og dei heldt måltid. Så reiste han seg og fylgde Elia, og han var tenaren hans. Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin. Trettito kongar fylgde han med hestar og vogner då han fór i hærferd. Benhadad kringsette Samaria og gjekk til åtak på byen. Han sende nokre menn inn i byen til Akab, kongen i Israel, med det bodet: «Så seier Benhadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste konene og borna dine er mine.» Israels-kongen svara: «Det er som du seier, herre konge. Eg og alt mitt er ditt.» Men sendemennene kom att og sa: «Så seier Benhadad: Eg sende deg dette bodet: Du skal gje meg sølvet og gullet ditt og konene og borna dine. I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både huset ditt og husa åt mennene dine, og alt det du set pris på, skal dei ta med seg.» Då kalla Israels-kongen til seg alle dei eldste i landet og sa: «No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det konene og borna mine og sølvet og gullet mitt han kravde, og eg nekta han ikkje det.» Då sa alle dei eldste og alt folket til han: «Du må ikkje høyra på han og ikkje gjera han til viljes.» Akab sa til sendemennene frå Benhadad: «Sei til min herre kongen at alt det han sende bod til meg om fyrste gongen, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Det svaret fór sendemennene attende med. Endå ein gong sende Benhadad bod til han og sa: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om det vert nok grus att av Samaria til å fylla nevane på alt det folket som fylgjer meg.» Israels-kongen svara: «Sei til herren dykkar at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta liksom den som løyser det av seg.» Dette svaret fekk Benhadad medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa til mennene sine: «Stell dykk opp!» Dei så gjorde og ville storma byen. Då gjekk ein profet fram for Akab, Israels-kongen, og sa: «Så seier Herren: Ser du denne store hopen? I dag gjev eg dei i dine hender, og du skal skjøna at eg er Herren.» «Kven skal gjera dette?» spurde Akab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene åt futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja striden?» Hin svara: «Du sjølv.» Så mønstra Akab mennene åt futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann. Dei slo til ved middagstid, medan Benhadad sat i Sukkot og drakk i lag med dei trettito kongane som fylgde han. Mennene åt futane var dei fyrste som tok av stad. Benhadad hadde folk ute, og dei kom til han og sa frå: «Det har drege ut nokre menn frå Samaria.» Då sa han: «Ta dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.» Så drog dei ut or byen, både mennene åt futane og hæren som fylgde dei. Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane rømde, og israelittane forfylgde dei. Benhadad, aramearkongen, kom seg unna på ein hest saman med nokre ryttarar. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Såleis vann han ein stor siger over aramearane. Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Bu deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem aramearkongen og tek på deg att.» Mennene åt aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men slåst vi med dei på slettlende, vinn vi over dei. Gjer no som vi seier: Set av alle desse kongane, og set inn statthaldarar i staden! Bygg så opp ein hær som er like stor som den du miste, og få deg like mange hestar og vogner som du hadde før. Lat oss så strida med dei på slett mark! Då kan du vera viss på at vi slår dei.» Kongen høyrde på det rådet og gjorde som dei sa. Året etter mønstra Benhadad aramearhæren. Han drog fram til Afek og ville strida mot Israel. Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt for dei som to små geiteflokkar, medan aramearane fylte heile sletta. Då gjekk gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, så vil eg gje heile denne store hopen i dine hender, og de skal skjøna at eg er Herren.» I sju dagar låg hærane midt for einannan. Men den sjuande dagen kom det til strid. Og israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket åt aramearane. Dei som var att, rømde til Afek og berga seg inn i byen. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att. Benhadad òg rømde. Han kom seg inn i byen, der han flaug frå rom til rom. Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane åt Israels-folket er milde kongar. Lat oss kle oss i strie og leggja reip om halsen og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.» Så kledde dei seg i strie og la reip om halsen, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Benhadad, tenaren din, bed om at du må la han få leva.» Akab svara: «Lever han enno? Han er bror min.» Det tykte mennene varsla godt. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sa Akab: «Gå og henta han!» Så kom Benhadad ut til han, og Akab bad han stiga opp i vogna til seg. Då sa Benhadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje frå meg att. Og du kan få byggja eit handelskvartal i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» Akab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Benhadad og gav han fri. Ein av profetsveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen ville ikkje. Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han. Sidan møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Då slo mannen til han så han vart såra. Og profeten gjekk av stad og stod på vegen der kongen skulle koma. Han hadde lagt eit bind over augo, så ingen kjende han att. Då kongen fór framom, ropa profeten til han: «Herre, eg var med på ei hærferd. Midt i striden kom det ein mann bort til meg. Han hadde med seg ein annan mann og sa: Ta vel vare på denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv. Men tenaren din hadde litt å gjera både her og der, og mannen vart borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.» Då reiv profeten bindet frå augo, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane. Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sleppte frå deg den mannen som eg hadde bannlyst, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.» Så fór Israels-kongen heim. Mismodig og harm kom han til Samaria. Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisre’el, hadde ein vingard. Han låg innmed eit slott som høyrde Akab, kongen i Samaria, til. Akab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg så nær huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller eg skal, om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.» Men Nabot svara: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!» Så gjekk Akab heim, mismodig og harm fordi Nabot frå Jisre’el hadde svara han så og sagt: «Eg gjev deg ikkje fedrearven min.» Han kasta seg på senga, vende andletet mot veggen og ville ikkje eta. Då kom Jesabel, kona hans, inn og spurde: «Kvifor er du så sturen og smakar ikkje mat?» Han svara: «Eg tala med Nabot frå Jisre’el og bad han selja meg vingarden sin for pengar, eller om han så ville, byta med meg i ein annan vingard. Men han svara: Eg vil ikkje selja deg vingarden min.» Då sa Jesabel, kona hans, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden åt Nabot frå Jisre’el.» Så skreiv Jesabel eit brev i Akabs namn, sette seglet hans på og sende det til dei eldste og stormennene som budde i same byen som Nabot. I brevet skreiv ho: «Lys ut ei faste, og lag det så at Nabot får sitja øvst mellom folket! Set to ringe karar midt for han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har banna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!» Dei eldste og stormennene i Jisre’el gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, så som det stod i brevet ho hadde sendt dei. Dei lyste ut ei faste og laga det så at Nabot fekk sitja øvst mellom folket. Då kom dei to skarvane og sette seg midt for han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har banna Gud og kongen.» Og dei førte han ut or byen og steina han. Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.» Med det same Jesabel fekk høyra at Nabot hadde vorte steina, sa ho til Akab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisre’el i eige, den som han ikkje ville selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.» Då Akab høyrde at Nabot var død, stod han opp og fór ned til vingarden og ville ta han i eige. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så: «Stå opp, gå ned og møt Akab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden åt Nabot; han er faren dit og vil ta han i eige. Såleis skal du tala til han: Så seier Herren: Fyrst har du myrda, og så vil du ha tak i eigedomen! Deretter skal du seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet åt Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.» Akab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo, vil eg føra ulukke over deg. Eg vil sopa etter deg og rydja ut alle mannfolk i Akabs-ætta, i Israel, både store og små. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason. For du har harma meg og fått Israel til å synda. Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisre’el-vollen. Den av Akabs-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.» Aldri har det vore ein slik konge som Akab. Han selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det. Aller verst bar han seg åt då han gav seg til å fylgja avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren dreiv bort for israelittane. Då Akab høyrde dette, reiv han sund kleda sine, batt strieplagg om kroppen og fasta. Og han sov i strieplagga og gjekk stilt ikring. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så: «Har du sett kor liten og mjuk Akab har gjort seg for meg? Fordi han har gjort seg så mjuk, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men medan son hans lever, vil eg la ulukka koma over ætta hans.» No heldt aramearane og israelittane seg i ro i tre år; det var ingen ufred mellom dei. Men tredje året fór Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel. Då sa Israels-kongen til mennene sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Og så sit vi i ro og tek ikkje byen frå aramearkongen!» Og til Josjafat sa han: «Vil du vera med meg på ei hærferd mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.» Men sidan sa Josjafat: «Spør fyrst Herren til råds!» Då kalla Israels-kongen saman profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.» Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!» Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!» Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine. Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.» Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.» Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!» Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.» Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.» Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?» Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!» Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?» Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida. Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?» Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.» Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!» Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!» Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead. Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden. No hadde aramearkongen sagt frå til dei trettito hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.» Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop. Og straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.» Striden vart hardare og hardare den dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane. Blodet rann frå såret ned i vogna, og då kvelden kom, døydde han. Ved soleglad gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!» Såleis døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han. Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjene lauga seg der. Det gjekk som Herren hadde sagt. Det som elles er å seia om Akab og alt det han gjorde, om elfenbeinshuset han reiste, og alle byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Så gjekk Akab til kvile hjå fedrane sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han. Då Akab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki. Josjafat fylgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens augo. Likevel vart ikkje offerhaugane nedlagde; folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Josjafat levde i fred med kongen i Israel. Det som elles er å seia om Josjafat og dei storverk han gjorde, og krigane han førte, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Resten av dei som dreiv tempelutukt og som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut or landet. Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar stod for styret der. Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber. Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: «Lat mine folk fara saman med dine på skipa!» Men det ville ikkje Josjafat. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen åt David, far sin, og Joram, son hans, vart konge etter han. Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Akasja, son til Akab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år. Akasja gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fylgde den same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda. Han dyrka Ba’al og kasta seg ned for han og harma Herren, Israels Gud, heilt og fullt som far hans hadde gjort. Etter at Akab var død, gjorde Moab opprør mot Israel. Ein dag datt Akasja ut gjennom gittervindauga i høgsalen sin i Samaria og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menn av stad og sa: «Gå og spør Ba’al-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.» Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med dei mennene som kongen i Samaria har sendt, og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel, sidan de skal av og rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron? Difor seier Herren så: Du kjem ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» Så gjekk Elia. Då mennene kom attende til kongen, spurde han: «Kvifor kjem de alt att?» Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå attende til kongen som har sendt dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og rådspør Ba’al-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tala såleis til dykk?» Dei svara: «Han var kledd i ei loden kappe og hadde eit lerbelte om livet.» Då sa kongen: «Det var Elia frå Tisjbe!» Så sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Han kom opp til profeten medan han sat på toppen av eit berg, og sa: «Gudsmann, kongen seier at du skal koma ned!» Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans. Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skunda deg og kom ned!» Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór Guds eld ned frå himmelen og øydde han og mennene hans. Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. «Gudsmann,» sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine! Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!» Då sa Herrens engel til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» Og det gjekk i oppfylling, det ordet frå Herren som Elia hadde tala. Akasja døydde, og Joram, bror hans, vart konge etter han; for han hadde ingen son. Dette hende i det andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda. Det som elles er å seia om Akasja og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, bar det så til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal. Elia sa til Elisja: «Ver du her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så fór dei ned til Betel. Profetsveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det, eg òg. Tei berre stilt!» Så sa Elia til han: «Ver du her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Men han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko. Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!» No sa Elia til han: «Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei frametter, dei to. Då kom femti av profetsveinane ut og stelte seg opp midt for dei eit stykke unna, medan dei to stod nedmed Jordan. Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen. Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.» Elisja svara: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!» Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.» Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen. Då Elisja såg det, ropa han: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke. Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken. Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over. Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod midt for han, og dei sa: «Ånda åt Elia kviler over Elisja.» Og dei kom til møtes med han og kasta seg til jorda for han. Så sa dei: «Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens Ande har ført han bort og sleppt han ned på eit fjell eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.» Men dei bad han så lenge at han gav etter og sa: «Lat dei gå då!» Så sende dei ut femti mann, og dei leita etter Elia i tre dagar, men fann han ikkje. Dei kom attende til Elisja medan han var i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa at de ikkje skulle gå?» Folket i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen lagleg til. Men vatnet er ringt, og jorda gjev ikkje grøde.» Då sa han: «Henta eit nytt fat til meg og ha salt opp i det!» Dei så gjorde. Og han gjekk ut til kjelda som vatnet kom frå, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.» Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja sa. Frå Jeriko fór profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!» Då snudde han seg, såg på dei og forbanna dei i Herrens namn. Brått kom det to bjørnar ut or skogen, og dei reiv i hel førtito av borna. Frå Betel gjekk Elisja til Karmel-fjellet og så attende til Samaria. I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Akab, konge i Israel. Han styrte i Samaria i tolv år. Joram gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Ba’al-støtta som far hans hadde laga. Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei vende han seg ikkje bort ifrå. Mesja, kongen i Moab, hadde mykje småfe. Kvart år betalte han Israels-kongen hundre tusen lam og ulla av hundre tusen verar i skatt. Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen. Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel. Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: «Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.» «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.» Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg. Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.» Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.» Josjafat sa: «Ja, han har ord frå Herren.» Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen. Elisja sa til Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.» Då sa Elisja: «Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong. Men henta no ein harpespelar til meg!» Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen! For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar. Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand. De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.» Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn. No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa. Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod. «Det er blod,» ropa dei. «Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!» Men då dei kom til Israels-leiren, storma israelittane fram og slo moabittane, så dei laut røma. Så sette dei etter moabittane og slo dei heilt. No reiv dei ned byane, og kvar grøderik åker fylte dei med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde dytte dei att, og kvart frukttre felte dei. Til slutt var det berre stein att i Kir-Hareset. Slyngjekastarane kringsette byen og gjekk til åtak på han. Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje. Då tok kongen eldste son sin, som skulle verta konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og israelittane fekk slik støkk i seg at dei drog bort derifrå og fór heim att til sitt eige land. Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.» Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.» Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!» Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna. Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.» Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som nøydde han til å eta hjå seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór den vegen. Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann. Lat oss byggja eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein ljosestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.» Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der. Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Ropa på denne Sjunem-kvinna!» Han så gjorde, og ho kom bort til han. Elisja sa til han: «Sei til henne: Du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan eg gjera for deg? Kan eg leggja inn eit godt ord for deg hjå kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.» «Kva kan eg så gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gamal.» Då sa Elisja: «Bed henne koma!» Han så gjorde, og ho kom og vart ståande i døra. Profeten sa: «Til års på denne tid skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, må ikkje narra tenestkvinna di!» Kvinna vart med barn, og året etter, på same tid, fekk ho ein son, som Elisja hadde sagt henne. Då guten voks opp, hende det ein dag at han gjekk ut til far sin, som arbeidde saman med onnefolket. Best det var, sa han til faren: «Å, eg har så vondt i hovudet!» Då sa faren til gardsguten: «Ber han heim til mor hans!» Gardsguten lyfte han opp og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han. Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut. Kona ropa på mannen sin og sa: «Send ein av tenestgutane til meg med eit esel! Eg skal skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.» Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Lat meg fara likevel!» Så sala ho eselet og sa til tenestguten: «Driv det av garde, og stogga meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.» Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem! Spring til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til,» svara ho. Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville jaga henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber på ei sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.» Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte narra meg.» Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet åt guten.» Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og fylgde henne. Gehasi fór føre dei og la staven over andletet åt guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han attende, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna. Då Elisja kom fram til huset, fekk han sjå at guten låg livlaus i senga. Han gjekk inn og stengde døra, så han vart åleine med guten. Han bad til Herren, og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, augo mot hans augo og hendene mot hans hender. Då han bøygde seg ned over han, vart kroppen åt guten varm. Så stod han opp og gjekk ein gong att og fram i huset. Då han steig opp i senga att og bøygde seg over guten, naus han sju gonger og slo opp augo. Elisja ropa på Gehasi og sa: «Bed kvinna koma!» Han så gjorde, og ho kom. Då sa profeten: «Ta guten din!» Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk. Elisja fór attende til Gilgal. På den tid var det uår i landet. Ein gong medan profetsveinane sat framfor han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetsveinane!» Då gjekk ein av dei ut på marka og ville sanka etande vokstrar. Han fann ei ranke med ville agurkar. Av dei plukka han så mange at han fekk kappa full. Då han kom inn, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste kva det var. Dei auste opp til mennene og bad dei eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det. Då sa Elisja: «Henta litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko farleg i gryta. Ein dag kom det ein mann frå Ba’al-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av fyrstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket, så dei får eta.» Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» Han svara: «Gjev det til folket, så dei får eta. For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.» Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt. Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein. På ei av herjeferdene sine hadde aramearane ein gong ført bort ei lita jente frå Israel. No tente ho hjå kona åt Na’aman. Ein dag sa ho til matmor si: «Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, så skulle han nok gjera han god att av hudsjukdomen.» Na’aman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt. Då sa aramearkongen: «Far du dit! Eg skal senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så tok han ut og hadde med seg ti talentar sølv, seks tusen sekel gull og ti festkledningar. Na’aman gjekk fram for Israels-kongen og gav han brevet. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Na’aman, tenaren min, til deg for at du skal gjera han god att av den sjukdomen han lid av.» Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud, så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal gjera han god att av hudsjukdomen? No kan de vel sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg!» Men då Elisja, gudsmannen, fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel!» Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.» Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne. Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!» Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein. Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje. Då sa Na’aman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren. Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.» Elisja svara: «Far i fred!» Då Na’aman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen, tenkte Gehasi, som var tenestgut hjå gudsmannen Elisja: «No har husbonden min spart denne aramearen Na’aman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få eitkvart av han.» Dermed sette Gehasi av stad etter Na’aman. Då Na’aman såg at det kom ein springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Kva er i vegen?» «Ikkje noko,» sa Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraims-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par festkledningar!» Na’aman svara: «Gjer vel og ta to talentar!» Han nøydde han og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to festkledningar og gav til to av tenestgutane sine, som bar dei føre Gehasi. Men då dei kom opp på haugen, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så bad han farvel med mennene, og dei fór sin veg. Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad,» svara han. Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då mannen snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar for å få deg klede, oliventre og vingardar, småfe og storfe, trælar og trælkvinner? Difor skal hudsjukdomen åt Na’aman for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var han sjuk; huda hans var som snø. Ein dag sa profetsveinane til Elisja: «Det romet vi held til i her hjå deg, er for trongt for oss. Lat oss få gå ned til Jordan og henta kvar sin stokk, og så lagar vi oss eit rom som vi kan vera i.» «Gjer det!» svara Elisja. Ein av dei sa: «Gjer vel og gå med oss, herre.» Han svara: «Det skal eg.» Så gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å fella tre. Men best som ein av dei heldt på å hogga treet sitt, datt øksa i vatnet. Då ropa han: «Ai, ai, herre! Og eg som hadde lånt henne!» «Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Han viste han staden. Då hogg Elisja av ei grein og kasta ned i vatnet. Såleis fekk han øksa til å flotna. «Ta henne opp!» sa han. Og mannen rette ut handa og tok øksa. Ein gong medan aramearkongen låg i krig med Israel, samdest han med mennene sine om at dei skulle slå leir på den og den staden. Då sende gudsmannen bod til Israels-kongen og sa: «Ta deg i vare, så du ikkje fer framom den staden; for aramearane har gått dit ned.» Så sende Israels-kongen folk til den staden som gudsmannen hadde nemnt og åtvara han mot; og han akta seg der. Såleis gjekk det både ein og fleire gonger. Aramearkongen vart oppøst over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: «Kan de ikkje seia meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?» Ein av mennene svara: «Det er ingen av oss, herre konge. Men Elisja, profeten i Israel, lèt Israels-kongen få vita kva du seier i soveromet ditt.» Då sa kongen: «Gå av stad og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og henta han.» Dei kom att og sa frå at profeten var i Dotan. Dit sende så kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen. Tidleg andre morgonen, då tenaren åt gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auga på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, herre, kva skal vi no gjera?» sa guten til Elisja. Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.» Så bad Elisja til Herren og sa: «Opna augo åt guten, så han kan sjå!» Då opna Herren augo hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisja. Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Vildra synet på dette folket!» Herren gjorde som Elisja bad, og vildra synet deira. Då sa Elisja til dei: «Dette er ikkje den rette vegen og den rette byen. Fylg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Så førte han dei til Samaria. Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna augo deira, så dei kan sjå!» Herren opna augo deira, og dei såg at dei var midt i Samaria. Då Israels-kongen fekk auga på dei, sa han til Elisja: «Skal eg hogga dei ned, far?» Men han svara: «Nei, det skal du ikkje. Du høgg då ikkje eingong ned dei som du tek til fange med sverd eller boge. Set fram for dei brød og vatn, så dei kan eta og drikka og sidan fara attende til herren sin.» Kongen stelte til eit stort gjestebod for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei fór attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar frå Aram og herja i Israel. Ei tid etter hende det at Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria. Medan aramearane heldt byen kringsett, vart det slik hungersnaud der at eit eselhovud kosta åtti sekel sølv, og fjerdeparten av ein kab duemøk fem sekel. Då Israels-kongen ein dag gjekk att og fram oppå muren, var det ei kvinne som ropa til han: «Hjelp, herre konge!» Han svara: «Når Herren ikkje hjelper deg, kvar skal så eg henta hjelp frå? Frå treskjevoll eller vinpresse?» Og kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din, og lat oss eta han i dag, så kan vi eta min son i morgon. Så koka vi son min og åt han. Dagen etter sa eg til henne: Kom no med son din, og lat oss eta han! Men då heldt ho guten løynd.» Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han hadde botsklede inst på kroppen. «Gud la det gå meg ille både no og sidan,» sa han, «om hovudet får sitja på Elisja Sjafatsson dagen ut!» Imedan sat Elisja heime i huset sitt, og dei eldste var hjå han. Då sende kongen ein mann dit føre seg. Men før mannen kom fram, sa Elisja til dei eldste: «Veit de at denne mordarsonen har sendt ein mann hit som skal hogga hovudet av meg? Når han kjem, må de stengja døra og halda han ute. Eg høyrer alt lyden av kongens fotsteg bak han.» Medan Elisja endå tala med dei, kom kongen til han. Han sa: «Sjå, denne ulukka kjem frå Herren. Kvifor skal eg då venta på Herren lenger?» Då sa Elisja: «Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid skal dei selja ein sea kveitemjøl for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel på torget i Samaria.» Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne då ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.» Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: «Kvifor skal vi sitja her til vi døyr? Seier vi at vi vil gå inn i byen, må vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, må vi òg døy. Kom, lat oss gå over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.» I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der. For Herren hadde laga det så at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei seg imellom: «Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!» Så tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde på harde livet. Då mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det. Men så sa dei seg imellom: «Det er ikkje rett det vi no gjer. Dette er dagen då vi kan bera gledebod. Teier vi og dryer til det ljosnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og seia frå i kongsgarden!» Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til leiren åt aramearane,» fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.» Portvaktarane kunngjorde dette, og det vart meldt i kongsgarden. Då stod kongen opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg skal seia dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg utpå marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut or byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.» Men ein av kongsmennene svara: «Lat nokre av folka dine ta fem av dei hestane som er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.» Så henta dei to ryttarar, som kongen sende av stad etter aramearhæren. «Far i veg og sjå!» sa han. Dei fylgde etter aramearane radt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og våpen som aramearane hadde kasta frå seg då dei rømde. Sendeboda kom att og sa frå om dette til kongen. No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel. Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han. Då sa han til kongen: «I morgon på denne tid skal dei selja to sea byggmjøl for ein sekel og ein sea kveitemjøl for ein sekel på torget i Samaria.» Då tok våpensveinen til ords og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.» Og såleis gjekk det. Folket trakka han i hel i porten. Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Gjer deg ferdig, ta ut med huslyden din og gjev deg til ein annan stad, der det måtte høva. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet og skal vara i sju år.» Kona ferda seg til og gjorde som gudsmannen sa: Ho tok ut med heile huslyden sin, og i sju år budde ho i Filistarlandet. Då dei sju åra var lidne, kom kona heim att frå Filistarlandet. Ho gjekk til kongen og ville be om hjelp til å få att huset sitt og jorda si. Kongen tala nett då med Gehasi, som hadde vore tenar hjå gudsmannen, og bad han fortelja om dei store undera Elisja hadde gjort. Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt opp den døde guten, kom mor til guten. Ho bad kongen om hjelp til å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kona, og her er son hennar, som Elisja vekte opp.» Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han ein av hoffmennene med henne og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt det som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet, og til no.» Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Benhadad, aramearkongen, låg sjuk. Då kongen fekk melding om at gudsmannen var komen, sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Bed han spørja Herren om eg skal koma meg av denne sjukdomen!» Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera. Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, Benhadad, kongen i Aram, sender meg til deg og spør om han skal koma seg av denne sjukdomen.» Elisja svara: «Gå og sei til kongen at han skal koma seg. Men Herren har synt meg at han skal døy.» Gudsmannen stirte lenge på han. Så tok han til å gråta. «Kvifor græt du, herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera israelittane. Du kjem til å setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.» Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.» Så skildest dei, og Hasael gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å leva.» Men dagen etter tok Hasael eit klede, duppa det i vatn og breidde det over andletet hans, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han. I det femte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda, medan far hans endå styrte der. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans. I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge. Då drog Joram over til Sa’ir med alle stridsvognene sine. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Men hæren rømde og fór heim. Edomittane reiv seg laus frå Juda, og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus. Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Joram gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i Davids-byen, og Akasja, son hans, vart konge etter han. I det tolvte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Akasja, son til Joram, konge i Juda. Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri. I si ferd var Akasja som kongane av Akabs ætt. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens augo; for han var knytt til Akabs-ætta ved giftarmål. Saman med Joram Akabsson gjorde Akasja ei hærferd mot aramearkongen Hasael og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane. Så fór kong Joram heim att til Jisre’el, han ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Ramot då han stridde mot kong Hasael. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram Akabsson, medan han låg sjuk. Profeten Elisja kalla til seg ein av profetsveinane og sa: «Spenn beltet om livet, ta med deg denne oljekrukka og gå til Ramot i Gilead! Når du kjem dit, finn du Jehu, son til Josjafat Nimsjison. Gå inn og bed han reisa seg der han sit mellom venene sine, og før han inn i det inste romet! Ta så fram krukka, renn olje ut over hovudet hans og sei: Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel. – Med så gjort skal du opna døra og koma deg unna så fort du kan.» Så gjekk sveinen, den unge profeten, til Ramot i Gilead. Då han kom fram, såg han hærførarane sitja der saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar,» sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar,» svara han. Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profeten rende olje ut over hovudet hans og sa til han: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over Herrens folk, over Israel. Du skal gjera ende på ætta åt Akab, herren din. Eg vil ta hemn på Jesabel for drapet på profetane, tenarane mine, alle Herrens tenarar som leid døden. Heile Akabs ætt skal gå til grunne. Eg vil rydja ut alle mannfolk, både store og små, or Akabs ætt i Israel. Eg vil gjera like eins med Akabs ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason. Og Jesabel skal hundane eta opp på Jisre’el-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetsveinen døra og rømde sin veg. Då Jehu kom ut til kongsmennene, spurde dei han: «Står det bra til? Kva ville han deg, denne galne mannen?» Han svara: «De kjenner då både han og pratet hans!» Men dei sa: «Det er lygn! Sei oss kva det var!» Då fortalde han kva mannen hadde sagt til han: «Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel.» Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på troppestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!» Såleis fekk Jehu, son til Josjafat Nimsjison, i stand ei samansverjing mot kong Joram. Joram hadde lege ute med heile Israels-hæren og forsvart Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael. Men sjølv var han faren heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han då han stridde mot Hasael, kongen i Aram. No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut or byen og koma til Jisre’el og fortelja om dette.» Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisre’el, der Joram låg sjuk. Akasja, Juda-kongen, var òg komen dit; han ville sjå om Joram. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisre’el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein stor flokk som kjem farande.» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han til møtes med dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.» Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.» Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Vaktmannen sa frå: «Han har nått fram til flokken, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulle ein tru det var Jehu Nimsjison. For han køyrer som ein galen!» Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Akasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisre’el til. Med det same Joram fekk auga på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan du tala om fred så lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?» Då drog Joram i taumen, snudde og rømde, og han ropa til Akasja: «Det er svik, Akasja!» Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane, så pila gjekk rett gjennom hjarta, og han seig saman i vogna. Då ropa Jehu til Bidkar, våpensveinen sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisre’el til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Akab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han: Sanneleg, i går såg eg blodet åt Nabot og sønene hans, lyder ordet frå Herren. Og det vil eg gje deg lika for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.» Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: «Slå han ned, han òg!» Og det gjorde dei medan han sat i vogna si, i Gur-kleiva ved Jibleam. Han rømde til Megiddo, og der døydde han. Mennene hans køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav som var stelt til åt han hjå fedrane hans i Davids-byen. Akasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret åt Joram, son til Akab. Så kom Jehu til Jisre’el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauga. Då Jehu kom inn gjennom porten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?» Jehu såg opp mot vindauga og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to – tre hoffmenn såg ut gjennom vindauga, ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned, så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot. Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna i jorda! Ho var då ei kongsdotter.» Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene. Dei gjekk attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisre’el-marka skal hundane eta opp kroppen åt Jesabel. Liket hennar skal verta som møk på jorda i Jisre’el, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.» Akab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i byen, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene åt Akab. Han skreiv: «Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hjå dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna, så vel dykk ut den beste og mest dugande av sønene åt herren dykkar! Set han på kongsstolen åt far hans og strid for kongens ætt!» Då vart dei fælande redde og sa: «Dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?» Så sende slottshovdingen, kommandanten i byen, dei eldste og fosterfedrane åt kongssønene bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du byd oss, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer du det du sjølv tykkjer best!» Så skreiv Jehu eit nytt brev til dei, og der stod: «Er det så at de held med meg og vil lyda meg, så hogg hovudet av sønene åt herren dykkar og kom til meg i Jisre’el i morgon på denne tid!» Kongssønene, alle sytti, var hjå stormennene i byen, som fostra dei opp. Med det same dei fekk brevet, tok dei kongssønene og drap dei, alle sytti. Hovuda la dei i to korger og sende dei til Jehu i Jisre’el. Då han fekk bod om at dei var komne med hovuda åt kongssønene, sa han: «Legg dei i to haugar utfor porten til i morgon!» Då Jehu kom ut om morgonen, steig han fram og sa til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse? Ver visse på at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Akabs ætt, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.» Så slo Jehu i hel alle som var att av Akabs ætt i Jisre’el, og alle stormennene, kjenningane og prestane hans. Han sparte ingen og lét ingen sleppa unna. Sidan tok Jehu ut og fór til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro’im. Der møtte han brørne til Akasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Akasja,» svara dei. «Vi skal ned og helsa på kongslyden og sønene til dronninga.» Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Dei så gjorde og slo dei i hel attmed brunnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han sparte ikkje ein einaste av dei. Då han fór derifrå, råka han Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du like ærleg mot meg som eg er mot deg?» «Ja,» svara Jonadab. «Er det så,» sa Jehu, «så gjev meg handa på det!» Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna. «Fylg meg,» sa han, «så skal du få sjå kor brennhuga eg er for Herren.» Så fekk han køyra med han i vogna. Då Jehu kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Akabs ætt der i byen. Han rudde ut kvar einaste ein, som Herren hadde sagt til Elia. Sidan samla Jehu heile folket og sa til dei: «Akab dyrka Ba’al litt, Jehu skal dyrka han mykje. Kall no alle Ba’al-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle som er prestar for han! Ikkje ein må vanta! For no skal eg halda ein stor offerfest for Ba’al. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Det var ei list Jehu fann på, så han kunne få rudt ut alle Ba’al-dyrkarane. «Lys ut ei høgtidssamling for Ba’al!» sa han, og det gjorde dei. Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’al-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Og då dei gjekk inn i Ba’al-templet, vart huset fullt frå ende til annan. Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram kledebunader til alle Ba’al-dyrkarane!» Og han henta fram bunader til dei. Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba’al-templet, sa han til Ba’al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba’al-dyrkarar.» Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.» Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba’al-templet, bar ut støttene som stod der, og brende dei opp. Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag. Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan. Herren sa til Jehu: «Fordi du til gagns har gjort det som rett er i mine augo, og i alle måtar har fare såleis med Akabs ætt som eg ville, så skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol i fire ættleder.» Men Jehu la ikkje vinn på å ferdast heilhjarta etter den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. På den tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hasael vann over israelittane langs heile grensa. På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet åt Gads-ætta, Rubens-ætta og Manasse-ætta, alt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan. Det som elles er å seia om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Jehu gjekk til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Og Joakas, son hans, vart konge etter han. Då hadde Jehu vore konge over Israel i Samaria i tjueåtte år. Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta. Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Akasja, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen. Sidan var han hjå Josjeba i Herrens hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet. Men i det sjuande året sende Jojada bod etter livvakta og dei andre vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ein avtale med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så synte han dei kongssonen og sa frå kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongsgarden på sabbaten, den tredjeparten som er ved Surporten, og den som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved templet. Og to flokkar, alle de som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus. De skal fylka dykk rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i rekkjene, skal han drepast. De må fylgja kongen kvar han går og står.» Hovdingane over livvakta gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada. Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus. Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen. Så leidde Jojada kongssonen ut, sette på han krona og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han. Og folket klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!» Då Atalja høyrde korleis vaktmennene og folkehopen ropa, gjekk ho opp til folket i Herrens hus. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og hovdingane og hornblåsarane attmed han, medan alt folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!» Men presten Jojada sa til hovdingane over livvakta, dei som stod over hæren: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, så hogg han ned med sverd!» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!» Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der vart ho drepen. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt. Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altaret. Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus. Så tok han med seg hovdingane over livvakta, dei andre vaktmennene og alt folket. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og fylgde han inn i kongsgarden gjennom vaktmannsporten. Der sette han seg på kongsstolen. Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongsgarden. Joasj var sju år gamal då han vart konge. Det var i det sjuande styringsåret åt Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’er-Sjeba. Joasj gjorde alltid det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada rettleidde han. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i pengar, både det som kvar einskild er ilikna i skatt, og det som nokon sjølvmint kjem til Herrens hus med, det skal prestane ta imot, kvar frå dei han kjenner. Så skal dei setja Herrens hus i stand, alle stader der det er skadt. Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane endå ikkje vølt templet der det var skadt. Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar av kjenningane dykkar, men gje dei frå dykk, så templet kan setjast i stand.» Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket lenger. Men så skulle dei heller ikkje vøla templet. No tok presten Jojada ei kiste, bora hol i loket og sette henne attmed altaret, på høgre sida av inngangen til templet. I den la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus. Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og overpresten; dei samla pengane som fanst i Herrens hus, og talde dei opp. Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på huset, og til murarane og steinhoggarane. Desse pengane nytta dei òg til å kjøpa trevyrke og hoggen stein, så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Såleis greidde dei alle utgiftene då templet skulle vølast. Men dei pengane som kom inn til templet, vart ikkje nytta til å laga sølvbollar, knivar, offerskåler, trompetar eller noko slag kar av gull eller sølv. Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som nytta dei til å vøla på Herrens hus. Ingen heldt rekneskap med dei mennene som tok imot pengane og gav dei til arbeidsleiarane; for dei fór ærleg fram. Men pengane som kom inn ved skuldoffer og syndoffer, gjekk ikkje til Herrens hus; dei fekk prestane. På den tid gjorde aramearkongen Hasael ei hærferd mot Gat. Då han hadde teke byen, sette han seg føre å gå mot Jerusalem. Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som fedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Akasja, hadde vigt til templet, og det han sjølv hadde vigt. Saman med alt gullet og sølvet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden, sende han det til Hasael, aramearkongen. Då drog han bort og gjekk ikkje mot Jerusalem. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Mennene åt kongen reiste seg mot han og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset, då han var på veg ned til Silla. Dei kongsmennene som drap han, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Då han var død, gravla dei han hjå fedrane hans i Davids-byen, og Amasja, son hans, vart konge etter han. I det tjuetredje året Joasj, son til Akasja, var konge i Juda, vart Joakas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år. Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt fram med dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei gav han ikkje opp. Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Benhadad. Men Joakas bad Herren om nåde, og Herren høyrde bøna hans; for han såg kor vondt israelittane hadde det når aramearkongen plaga dei. Herren gav dei ein bergingsmann, så dei kom seg fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i heimane sine som før. Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria. Joakas hadde ikkje meir att enn femti hestfolk med ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv. Det som elles er å seia om Joakas og alt det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Joakas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i striden med Amasja, kongen i Juda, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Då Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine, sette Jeroboam seg på kongsstolen hans. Joasj vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg. Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort, sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.» Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp. Då vart gudsmannen harm på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort heilt ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.» Så døydde Elisja og vart gravlagd. På den tid kom det kvart år herjeflokkar frå Moab inn i landet. Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik herjeflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina åt Elisja, livna han opp att og reiste seg. Hasael, kongen i Aram, plaga israelittane hardt så lenge Joakas levde. Men Herren var nådig og mild mot dei. Han tok seg av dei på grunn av den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og støytte dei endå ikkje bort frå seg. Då aramearkongen Hasael døydde, vart Benhadad, son hans, konge etter han. Joasj, son til Joakas, vann då att frå Benhadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred mellom dei. Tre gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til. I det andre året Joasj, son til Joakas, var konge i Israel, vart Amasja, son til Joasj, konge i Juda. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem. Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje som David, ættefar hans. Han bar seg i alle måtar så åt som Joasj, far hans, hadde gjort. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Så snart Amasja hadde riket trygt i si hand, slo han i hel dei mennene som hadde drepe far hans, kongen. Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg etter det bodet frå Herren som står skrive i lovboka åt Moses: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd. Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. Han tok Sela og kalla byen Jokte’el, som han har heitt til denne dag. På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren. Du har vunne over edomittane, og difor har du vorte så stormodig. Lat deg no nøya med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.» Men Amasja ville ikkje høyra på han. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda. Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg, og Jeroboam, son hans, vart konge etter han. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død. Det som elles er å seia om Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der. Så køyrde dei han til Jerusalem med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg. Så tok heile Juda-folket og gjorde Asarja, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans. Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine. I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år. Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Han vann att landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Øydemarksjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer. For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute både med store og små, og det fanst ingen som hjelpte dei. Herren hadde ikkje sagt at han ville stryka ut Israels namn under himmelen. Difor lét han Jeroboam, son til Joasj, berga dei. Det som elles er å seia om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Jeroboam gjekk til kvile hjå fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han. I det tjuesjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asarja, son til Amasja, konge i Juda. Han var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem. Asarja gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Men Herren rørte ved kongen, så han fekk ein hudsjukdom som gjorde han urein, og den hadde han til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, stod for kongsgarden og styrte folket i landet. Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Asarja gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Jotam, son hans, vart konge etter han. I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader. Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom fedrane hans. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han. Det som elles er å seia om Sakarja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ættleder skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol.» Og så vart det. Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid. Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i staden hans. Det som elles er å seia om Sjallum og den samansverjinga han fekk i stand, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Den gongen drog Menahem ut frå Tirsa og herja Tappuah, alt som var i byen, og bygdene ikring. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinnene der som var med barn. Det var i det trettiniande styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år. Menahem gjorde det som vondt var i Herrens augo. Så lenge han levde, gav han ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Pul, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv, for at han skulle støtta han og tryggja kongedømet hans. Dei pengane Menahem laut gje til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på alle velståande menn i Israel, femti sekel på kvar. Så fór assyrarkongen heim att og stogga ikkje lenger i landet. Det som elles er å seia om Menahem og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Menahem gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han. I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år. Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Våpensveinen hans, Pekah, son til Remalja, fekk til ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i kongsgarden. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i staden hans. Det som elles er å seia om Pekahja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Det var i det femtiandre styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Pekah Remaljason vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år. Pekah gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og tok Ijjon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoak, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og folket som budde der, førte han bort til Assyria. Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason. Hosea slo han i hel og vart konge i staden hans. Det var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge. Det som elles er å seia om Pekah og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. I det andre året Pekah Remaljason var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok. Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus. Det som elles er å seia om Jotam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På den tid tok Herren til å senda Resin, kongen i Aram, og Pekah, son til Remalja, mot Juda. Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Akas, son hans, vart konge etter han. I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Akas, son til Jotam, konge i Juda. Han var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Akas gjorde ikkje det som rett var for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans, hadde gjort, men fylgde den same vegen som Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane. Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre. På den tid gjorde aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason ei hærferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men greidde ikkje å gå til åtak. Det var den gongen aramearkongen Resin vann att Eilat til Edom og dreiv judearane ut or byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og der har dei butt til denne dag. Då sende Akas bod til Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berga meg frå aramearkongen og Israels-kongen, som har gått til strid mot meg.» Akas tok alt sølvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og sende det til assyrarkongen i gåve. Og assyrarkongen gjorde som han bad. Han gjekk mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han. Kong Akas fór til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret, ei teikning som i eitt og alt synte korleis det var laga. Og før kong Akas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygt altaret. Det svara heilt og fullt til det biletet kong Akas hadde sendt frå Damaskus. Då kongen kom heim att frå Damaskus og såg altaret, gjekk han fram for det og ofra på det. Han brende brennofferet og grødeofferet sitt og auste ut drikkofferet, og blodet av det måltidsofferet han bar fram, skvette han på altaret. Men bronsealtaret, som stod for Herrens åsyn, flytte han bort frå den staden det hadde hatt framfor templet, mellom det nye altaret og Herrens hus. Han sette det på nordsida av det nye altaret. Kong Akas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet som vert frambore om morgonen, og grødeofferet som vert frambore om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Og alt blodet av brennofferet og slaktofferet skal du skvetta på det store altaret. Men bronsealtaret vil eg bruka når eg tek varsel.» Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen baud han. Kong Akas skar av tverrlistene på fotstykka og tok ned offerkjelane som stod på dei. Så tok han havet ned av bronseoksane som det kvilte på, og sette det på eit steingolv. For assyrarkongen skuld tok han bort den sabbatsgangen med tak over som dei hadde bygt i Herrens hus, og like eins den ytre kongeinngangen. Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Akas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Hiskia, son hans, vart konge etter han. I det tolvte året Akas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år. Hosea gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som Israels-kongane før han. Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot han, og Hosea laut gje seg under han og svara skatt. Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen i Sa’is og betalte ikkje lenger den årlege skatten til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel. Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år. I det niande styringsåret åt Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assyria. Han lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media. Såleis gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egypt og fria dei frå farao, egyptarkongen, og hans velde. Dei ottast andre gudar og fylgde skikkane åt dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort. Israelittane fann på usømelege ting som var Herren deira Gud imot. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, anten det var stader med vakttårn eller det var festningsbyar. Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre. På alle desse haugane brende dei offer, liksom dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Og dei gjorde mykje anna vondt som harma Herren. Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!» Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og føresegnene mine, i samsvar med heile den lova eg gav fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.» Men dei ville ikkje høyra. Dei var stridlyndte liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud. Dei vraka føreskriftene hans; dei vanvørde den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei heldt seg til gudar som ikkje duger, og vart duglause sjølve. Dei gjorde som folkeslaga ikring dei, endå Herren hadde sagt: «De skal ikkje gjera som dei!» Dei brydde seg ikkje om alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg støypte bilete, to kalvar, og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Ba’al. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, og såleis vekte dei hans harme. Difor vart Herren brennande harm på israelittane og støytte dei frå seg. Berre Juda-ætta vart att. Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei fylgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn. Difor vraka Herren heile Israels-ætta. Han fór hardt fram mot dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til sist frå seg. Den gongen Herren reiv Israel laus frå Davids hus, tok dei Jeroboam Nebatsson til konge. Jeroboam førte israelittane vilt, så dei ikkje fylgde Herren; han fekk dei til å gjera ei stor synd. Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med det. Til sist støytte Herren dei frå seg, som han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart bortførte frå landet sitt til Assyria, og der har dei vore til denne dag. Kongen i Assyria henta folk frå Babylon, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der. Den fyrste tida dei budde der, hadde dei ikkje age for Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei. Då sa dei til assyrarkongen: «Dei folka som du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Difor har han sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei, fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.» Då sa assyrarkongen til mennene sine: «Send ein av dei prestane som de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.» Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren. Desse folka hadde laga seg kvar sin gud og sett dei i eigne hus som mennene i Samaria hadde bygt på haugane. Det gjorde kvart folk i dei byane dei budde i. Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima. Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim. Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der. Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå. Til denne dag har dei fylgt dei gamle skikkane sine. Dei har ikkje age for Herren og held seg ikkje etter dei føresegnene og reglane dei har fått, dei lovene og boda Herren har gjeve etterkomarane etter Jakob, som han gav namnet Israel. Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje ottast andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei. Men Herren, som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og med strak arm, han skal de ottast. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra. Dei føresegnene og reglane, dei lovene og boda som han skreiv opp åt dykk, skal de alltid leggja vinn på å leva etter. Og de må ikkje ottast andre gudar. Gløym ikkje den pakta eg gjorde med dykk, og ottast ikkje andre gudar! Berre Herren dykkar Gud skal de ottast; så vil han berga dykk frå alle fiendane dykkar.» Men dei ville ikkje høyra på Herren. Dei bar seg åt på same vis som før. Så hadde nok desse framande folka age for Herren, men dyrka samstundes gudebileta sine. Og borna og barneborna deira har gjort som fedrane sine til denne dag. I det tredje året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, vart Hiskia, son til Akas, konge i Juda. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abi og var dotter til Sakarja. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort. Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og knasa koparormen som Moses hadde laga. For alt til den tid hadde israelittane ofra til ormen. Dei kalla han Nehusjtan. Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Det har ikkje vore hans like mellom alle Juda-kongane som kom etter han, og heller ikkje mellom dei som var før han. Han heldt seg nær til Herren og veik aldri frå han; han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses. Herren var med han, og han hadde lukka med seg i alt han tok seg føre. Han reiste seg mot assyrarkongen og ville ikkje tena han lenger. Han slo filistarane og tok landet deira heilt ned til Gasa og bygdene der ikring, både dei stadene som hadde vakttårn og festningsbyane. I det fjerde styringsåret åt Hiskia, det sjuande året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, gjorde Salmanassar, kongen i Assyria, ei hærferd mot Samaria og kringsette byen. Då tre år var lidne, tok dei han. Det var i det sjette styringsåret åt Hiskia at Samaria fall, det niande året Hosea var konge i Israel. Assyrarkongen førte israelittane bort til Assyria og lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media. Så gjekk det fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut hans pakt og alle dei bod som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei ville korkje høyra eller gjera det han baud dei. I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei. Då han var komen til Lakisj, sende Hiskia, Juda-kongen, bod til han og sa: «Eg har bore meg ille åt. Far bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Hiskia. Og Hiskia gav han alt sølvet som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongsgarden. Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens hus og av dørkarmane som han sjølv hadde kledt med gull, og gav det til assyrarkongen. Men assyrarkongen sende kommandanten, hoffsjefen og hærføraren med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei drog fram, og då dei kom til Jerusalem, stelte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen. Så tok dei til å ropa på kongen. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf. Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg? Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg? Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han. Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til,» då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe?» Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei! Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå? Trur du kanskje at eg har drege mot denne staden for å øydeleggja han utan at Herren ville det? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde. Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.» Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.» Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier! Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk ut or hendene mine. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.» Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn, til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar, med oliventre, olje og honning. Då skal de ikkje døy, men leva. Høyr ikkje på Hiskia når han lokkar dykk og seier: «Herren vil nok berga oss.» Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria? Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim, Hena og Ivva? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand? Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem! Folket tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han. Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt. Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus. Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos. Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda. Kanskje Herren din Gud høyrer alt det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!» Då kongsmennene kom til Jesaja, sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg. No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.» Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj og møtte han medan han stridde mot Libna. Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa: «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga! Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar? Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?» Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud. Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt både land og folkeslag. Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.» Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria. Og dette er det ordet Herren talar mot han: Ho hånar deg og spottar deg, Sions dotter, den unge møy; ho rister på hovudet etter deg, Jerusalem, den unge jenta. Kven er det du krenkjer ¬og vanærar? Kven tek du til ords imot? Høgt lyfter du augo dine mot Israels Heilage. Du lét dine sendemenn ¬spotta Herren og sa: ¬«Med mine mange vogner fór eg opp til dei høge fjell, langt inn på Libanon. Der felte eg høgvaksne sedrar og dei finaste sypressar. Eg nådde til den høgaste topp, der skogen står som ein hage. Eg har grave etter vatn og drukke or framande kjelder. Med mine fotsolar turka eg ut alle elvane i Egypt.» Har du ikkje høyrt om dette? Eg planla det for lenge sidan; eg laga det så i eldgamal tid, og no har eg sett det i verk. Så kunne du øyda festningsbyar og gjera dei til ruinhaugar. Dei som budde der, stod med kraftlause hender, fylte av redsle og skam. Dei likna vokstrane på marka, den grøne groen ¬og graset på tak, som svid av før det veks til. Om du sit eller står, om du kjem eller går, så kjenner eg til det. Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det. Men fordi du rasar mot meg, og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er, set eg ring i nasen din og legg beisel i munnen din. Så fører eg deg attende den vegen du kom. Dette skal du ha til teikn: I år må de eta ¬det som gror av spillkorn, og til års korn ¬som har sått seg sjølv. Men tredje året ¬skal de så og hausta, planta vingardar og eta frukta. Den resten av Juda ¬som vert berga, skal atter skyta djupe røter, og greinene skal bera frukt. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest, frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga. I sin brennhug ¬skal Herren gjera dette. Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen: Han skal ikkje koma inn ¬i denne byen og ikkje skyta ei pil dit inn. Han skal ikkje gå imot han ¬med skjold og ikkje kasta opp ¬ein voll imot han. Den vegen han kom, ¬skal han fara attende; i denne byen ¬skal han ikkje koma inn, lyder ordet frå Herren. Eg vil verna byen og berga han for mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld. Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive. Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han. På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja Amosson til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.» Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt. Jesaja var endå ikkje komen ut or den mellomste borggarden før Herrens ord kom til han, og det lydde så: «Gå attende og sei til Hiskia, fyrsten over folket mitt: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. No vil eg gjera deg frisk att. Om to dagar kan du gå opp til Herrens hus. Eg legg endå femten år til levetida di. Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde. Og eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.» Så sa Jesaja: «Henta ei fikenkake!» Dei så gjorde, og då dei la fikenkaka på den sjuke staden, friskna kongen til. Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg kan gå opp til Herrens hus om to dagar?» Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar attende?» Hiskia sa: «Skuggen kan lett tøya seg ti strekar fram. Nei, lat han gå ti strekar attende!» Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før hadde gått fram. På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk. Hiskia gledde seg då dei kom. Han synte dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, balsambuskane og den fine oljen, våpenhuset og alt det som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans hus og rike som Hiskia ikkje synte dei. Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte,» svara Hiskia, «frå Babylonia.» «Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.» Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr Herrens ord! Det kjem ei tid då alt det som er i huset ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babylonia. Det vert ingen ting att, seier Herren. Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som er ætta frå deg, og gjera dei til hoffmenn i slottet åt babylonarkongen.» Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!» Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Manasse, son hans, vart konge etter han. Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba. Manasse gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde øydelagt. Han reiste altar for Ba’al og laga Asjera-pålar, liksom Akab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren. Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.» I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren. Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme. Asjera-biletet som Manasse hadde laga, sette han opp i det huset Herren hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset, i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid. Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova som Moses, tenaren min, gav dei.» Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane. Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa: Fordi Manasse, Juda-kongen, har gjort så stygge ting, ting som er verre enn alt det amorittane før han gjorde, og med si avgudsdyrking har lokka Juda òg til synd, difor seier Herren, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over Jerusalem og Juda at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det. Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned. Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei. Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag. Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo. Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba. Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans. Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei. Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg. Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus. Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han. Det som elles er å seia om Amon og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han. Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Mor hans heitte Jedida og var dotter til Adaja frå Boskat. Josjia gjorde det som rett var i Herrens augo. Han heldt seg i alle måtar til den same vegen som David, ættefar hans, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre. I det attande styringsåret sitt sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja Mesjullamsson, til Herrens hus og sa: «Gå til overpresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hjå folket. Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei til handverkarane som arbeider i Herrens hus og bøter brestene der, og til tømmermennene, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn trevyrke og hoggen stein, så templet kan setjast i stand. Men ingen skal halda rekneskap med arbeidsleiarane for dei pengane dei tek imot; for dei fer ærleg fram.» Då sa overpresten Hilkia til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne lovboka i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren, som las henne. Sjafan gjekk attende til kongen og sa frå: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i templet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.» Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las boka for kongen. Då Josjia høyrde det som stod i lovboka, reiv han sund kleda sine. Så tala han med Hilkia, presten, og med Ahikam Sjafansson, Akbor Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa: «Gå og spør Herren til råds for meg og folket, for heile Juda-folket, om det som står i denne boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje høyrde på det som står i denne boka, og ikkje heldt seg etter alt det som er oss føreskrive.» Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til Hulda, ei profetkvinne som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne, og ho sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg: Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alt det som er nemnt i den boka Juda-kongen har lese. For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna. Men til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda. Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Herren då du høyrde kva eg tala mot denne staden og mot dei som bur her: at dei skal verta til skræmsle og forbanning. Og fordi du reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren. Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden. Med dette svaret kom dei heim att til kongen. Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og profetane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som dei hadde funne i Herrens hus. Så steig kongen fram til søyla og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta. Sidan baud kongen overpresten Hilkia, dei prestane som var nest etter han, og dørvaktarane at dei skulle ha bort frå Herrens tempel alle dei tinga som var laga for Ba’al og Asjera og heile himmelhæren. Han brende dei utanfor Jerusalem, i Kedron-bakkane, og oska tok han med til Betel. Josjia sette av dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, både dei som ofra på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som ofra til Ba’al, til sola, månen og bileta i dyrekrinsen og til heile himmelhæren. Han tok Asjera-pålen ut or Herrens hus og førte han frå Jerusalem til Kedron-dalen. Der brende han pålen og knuste han til støv; og støvet strøydde han på gravene åt småkårsfolk. Han reiv ned husa der dei heldt til, dei mennene som dreiv tempelutukt i Herrens hus, og dei kvinnene som vov telt til Asjera. Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Haugane der dei hadde ofra, gjorde han ureine, heilt frå Geba til Be’er-Sjeba. Han reiv òg ned haugane der dei hadde dyrka vonde ånder, dei haugane som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, til venstre når ein går inn gjennom hovudporten. Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine. Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok. Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han. Kongen reiv ned altara som stod på taket over høgsalen åt Akas, dei som Juda-kongane hadde reist. Det same gjorde han med dei altara som Manasse hadde bygt i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund på staden og kasta støvet ned i Kedron-dalen. Dei offerhaugane som låg austanfor Jerusalem, sør for Tyningsfjellet, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels-kongen, som hadde bygt dei for Astarte, den ufyselege gudinna åt folket i Sidon, for Kamosj, den ufyselege guden åt moabittane, og for Milkom, styggedomen åt ammonittane. Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskebein. I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen. Då Josjia snudde seg, fekk han auga på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta beina ut or gravene. Så brende han dei på altaret, og såleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som han hadde ropa ut, den gudsmannen som kunngjorde dette. Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava åt den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.» Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria. I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel. Alle offerhaugprestane som fanst der, drap han ved altara, og han brende menneskebein på dei. Så fór han heim att til Jerusalem. Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!» Ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då domarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda. Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at dei heldt ei slik påskehelg for Herren i Jerusalem. Josjia rudde ut åndemanarane og spåmennene, husgudane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. For han ville halda dei lovbod som stod skrivne i den boka presten Hilkia hadde funne i Herrens hus. Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarta og heile sin hug og av all si makt og halde alt det som Moselova krev. Og sidan stod det heller ikkje fram nokon konge som han. Likevel gav ikkje Herren opp den store vreiden og harmen sin som brann i han mot Juda, fordi Manasse hadde såra og harma Gud med så mange synder. Difor sa Herren: «Eg vil støyta Juda òg bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte bort Israel. Eg vil vraka Jerusalem, den byen eg valde ut, og det huset som eg sa at namnet mitt skulle bu i.» Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. I hans dagar gjorde farao Neko, kongen i Egypt, ei hærferd mot assyrarkongen – til Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han. Mennene til Josjia køyrde den falne kongen bort frå Megiddo. Dei førte han til Jerusalem og gravla han der. Så tok folket i landet og salva Joakas, son til Josjia, og gjorde han til konge etter faren. Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort. Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet, så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull. Så sette farao Neko Eljakim, son åt Josjia, til konge etter far hans og endra namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egypt, og der døydde han. Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet, så han kunne greia den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hjå folket i landet alt etter som kvar var ilikna, og gav det så til farao Neko. Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort. I hans dagar gjorde Nebukadnesar, kongen i Babylonia, ei hærferd. Jojakim gav seg under han og lydde han i tre år, men så gjorde han opprør. Då sende Herren herjeflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda av di han ville gjera ende på folket. For så lydde det ordet som Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane. Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Såleis ville han støyta dei bort frå seg på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort. Han tok då livet av så mange skuldlause menn at han fylte Jerusalem med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje. Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Jojakim gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han. Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat. Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem. Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort. På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett. Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen. Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt. Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongsgarden og braut gullet av alle dei kar som Salomo, Israels-kongen, hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt. Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene – ein fangeflokk på ti tusen – og alle handverkarane og smedane. Berre dei lågaste laga av folket vart att. Jojakin førte han òg til Babylonia. Og mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart tvinga til å fara frå Jerusalem til Babylonia. Rikmennene, sju tusen i talet, og handverkarane og smedane, eitt tusen mann, som alle var øvde krigarar, dei òg førte Nebukadnesar til Babylonia. I staden for Jojakin sette babylonarkongen Mattanja, farbror hans, til konge og endra namnet hans til Sidkia. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn. Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen. Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han. Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia. Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat, braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen. Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd. Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han. Han drap sønene til Sidkia medan far deira såg på. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon. Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta. Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til. Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem. Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket. Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane. Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia. Dei tok oskefata og eldskuflene, ljosesaksene og røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta. Livvakthovdingen tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv. I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, det eine havet og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast. Den eine søyla var atten alner høg og hadde eit søylehovud av bronse, som var tre alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Sameleis var det med den andre søyla; den òg hadde flettverk. Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane. Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, fem av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen. Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla. Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, sette Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til å styra det folket som var att i Juda, dei som han hadde late vera att. Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett Gedalja til styresmann, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Ja’asanja, son til ein mann frå Ma’aka. Alle kom dei med mennene sine. Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.» Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei drap Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hjå han i Mispa. Då tok alt folket ut, både små og store, og hærførarane med dei. Dei fór til Egypt; for dei var redde kaldearane. I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet. Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon. Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde. Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå kongen, dag for dag så lenge han levde. Adam, Set, Enosj; Kenan, Mahalalel, Jared; Enok, Metusjalah, Lamek; Noah, Sem, Kam og Jafet. Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras. Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim. Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan. Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan. Kusj hadde òg ein son som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda. Misrajim vart ættefar til ludarane, anamarane, lehabarane, naftukarane, patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane. Kanaan vart far til Sidon – det var den eldste sonen hans – og til Het. Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane, girgasjittane, hevittane, arkittane, sinittane, arvadittane, semarittane og hamatittane. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud, Aram, Us, Hul, Geter og Masj. Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber. Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneska spreidde ut over jorda. Og bror hans heitte Joktan. Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerak, Hadoram, Usal, Dikla, Ebal, Abimael, Saba, Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan. Etterkomarane etter Sem var Arpaksjad, Sjelah, Eber, Peleg, Re’u, Serug, Nakor, Tarah og Abram, det er Abraham. Sønene til Abraham var Isak og Ismael. Dette er ættetavla deira: Nebajot var eldste son til Ismael. Han hadde òg sønene Kedar, Adbe’el, Mibsam, Misjma, Duma, Massa, Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma. Dette var etterkomarane etter Ismael. Ketura, fylgjekona til Abraham, fekk sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Sønene til Joksjan var Saba og Dedan. Og sønene til Midjan var Efa, Efer, Hanok, Abida og Elda’a. Alle desse var ætta frå Ketura. Abraham fekk sonen Isak. Sønene til Isak var Esau og Israel. Sønene til Esau var Elifas, Re’uel, Je’usj, Jalam og Korah. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefi, Gatam, Kenas, Timna og Amalek. Sønene til Re’uel var Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Sønene til Se’ir var Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, Disjon, Eser og Disjan. Sønene til Lotan var Hori og Homam; og Lotan hadde ei syster som heitte Timna. Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana. Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran. Sønene til Eser var Bilhan, Sa’avan og Ja’akan. Sønene til Disjan var Us og Aran. Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på Moab-marka. Byen hans heitte Avit. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot attmed Eufrat konge etter han. Då Saul døydde, vart Ba’al-Hanan, son til Akbor, konge etter han. Då Ba’al-Hanan døydde, vart Hadad konge etter han. Byen hans heitte Pa’u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred Mesahabsdotter. Då Hadad var død, rådde desse ættehovdingane i Edom: hovdingane i Timna, Alja, Jetet, Oholibama, Ela, Pinon, Kenas, Teman, Mibsar, Magdiel og Iram. Det var ættehovdingane i Edom. Dette er sønene til Israel: Ruben, Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon, Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer. Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Men Herren mislika Er, eldste son til Juda, og han laga det så at han døydde. Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner. Sønene til Peres var Hesron og Hamul. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Darda; dei var i alt fem. Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han fór med svik og tok av det som var bannlyst. Etan hadde sonen Asarja. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerakme’el, Ram og Kelubai. Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Naksjon, som var hovding for Juda-sønene. Naksjon fekk sonen Salma, og Salma vart far til Boas. Boas fekk sonen Obed, og Obed vart far til Isai. Isai fekk sju søner. Den fyrste var Eliab, den andre Abinadab, den tredje Sjima, den fjerde Netanel, den femte Raddai, den sjette Osem og den sjuande David. Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael. Abigajil fekk sonen Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter. Kaleb, son til Hesron, fekk med Asuba, kona si, dottera Jeriot og desse sønene: Jesjer, Sjobab og Ardon. Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; med henne fekk han sonen Hur. Hur fekk sonen Uri, og Uri vart far til Besalel. Sidan levde Hesron saman med ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kone; med henne fekk han sonen Segub. Segub fekk sonen Ja’ir, som hadde tjuetre byar i Gilead. Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane deira og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse hadde sønene til Makir, far til Gilead, ått. Etter at Hesron var død, levde Kaleb saman med Efrat, som hadde vore gift med far hans, og med henne fekk han sonen Asjkur, far til Tekoa. Jerakme’el, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, som han fekk fyrst, og Buna, Oren, Osem og Akia. Men Jerakme’el hadde ei anna kone òg, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam. Ram, eldste son til Jerakme’el, hadde sønene Ma’as, Jamin og Eker. Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur. Kona til Abisjur heitte Abihajil; med henne fekk han sønene Akban og Molid. Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus. Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Aklai. Sønene til Jada, bror hans Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus. Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane etter Jerakme’el. Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk træl som heitte Jarka. Denne trælen gav Sjesjan dotter si til kone, og med henne fekk han sonen Attai. Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad. Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk Obed. Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk Asarja. Asarja fekk sonen Heles, og Heles fekk Elasa. Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk Sjallum. Sjallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk Elisjama. Kaleb, bror til Jerakme’el, fekk fyrst sonen Mesja, far til Sif, og sidan sonen Maresja, far til Hebron. Sønene til Hebron var Korah, Tappuah, Rekem og Sjema. Sjema fekk sonen Raham, som vart far til Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sjammai. Son til Sjammai var Maon, og Maon vart far til Bet-Sur. Efa, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Haran, Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases. Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sja’af. Ma’aka, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana. Ho fekk òg sonen Sja’af, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa. Dette var sønene til Kaleb. Hur, eldste son til Efrata, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim, Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader. Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Reaja og vart far til halve Manahat-ætta. Kirjat-Jearim-ættene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Frå dei er folket i Sora og Esjta’ol ætta. Etterkomarane etter Salma var Betlehem, Netofa-ætta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-ætta og Sora-ætta. Dei ættene av Sefer-sønene som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er dei kinittane som kom frå Hammat, far til Rekab-ætta. Dette er dei sønene som David fekk i Hebron: Den fyrste son sin, Amnon, fekk han med Akinoam frå Jisre’el. Den andre, Daniel, fekk han med Abigajil frå Karmel. Den tredje, Absalom, var son til Ma’aka, dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde, Adonja, var son til Haggit. Den femte, Sjefatja, fekk han med Abital, og den sjette, Jitream, med kona si, Egla. Desse seks sønene fekk han i Hebron, der han styrte i sju år og seks månader. I Jerusalem styrte han i trettitre år. Dette er dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjima, Sjobab, Natan og Salomo – desse fire fekk han med Batseba, dotter til Ammiel – Jibhar, Elisjua, Elifelet, Nogah, Nefeg, Jafia, Elisjama, Eljada og Elifelet, ni i talet. Alle desse var sønene til David. Dessutan hadde han søner med fylgjekonene sine. Og Tamar var syster deira. Son til Salomo var Rehabeam, hans son Abia, hans son Asa og hans son Josjafat. Hans son var Joram, hans son Akasja og hans son Joasj. Hans son var Amasja, hans son Asarja og hans son Jotam. Hans son var Akas, hans son Hiskia og hans son Manasse. Hans son var Amon og hans son Josjia. Av sønene til Josjia heitte den eldste Johanan, den andre Jojakim, den tredje Sidkia og den fjerde Sjallum. Sønene til Jojakim var Jekonja og Sidkia. Sønene til Jekonja, han som levde i fangenskap, var Sjealtiel, Malkiram, Pedaja, Sjenassar, Jekamja, Hosjama og Nedabja. Sønene til Pedaja var Serubabel og Sjimi. Og sønene til Serubabel var Mesjullam og Hananja – dei hadde ei syster som heitte Sjelomit – Hasjuba, Ohel, Berekja, Hasadja og Jusjab-Hesed, fem i talet. Sønene til Hananja var Pelatja, Jesaja, Refaja, Arnan, Obadja og Sjekanja. Son til Sjekanja var Sjemaja, og sønene til Sjemaja var Hattusj, Jigal, Bariak, Nearja og Sjafat, seks i talet. Sønene til Nearja var Eljoenai, Hiskia og Asrikam, tre i talet. Sønene til Eljoenai var Hodavja, Eljasjib, Pelaja, Akkub, Johanan, Delaja og Anani, sju i talet. Sønene til Juda var Peres, Hesron, Karmi, Hur og Sjobal. Reaja, son til Sjobal, fekk sonen Jahat, og Jahat fekk sønene Ahumai og Lahad. Det var Sora-ættene. Dette er sønene til Etam: Jisre’el, Jisjma og Jidbasj – dei hadde ei syster som heitte Haslelponi – Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, eldste son hennar Efrata og far til Betlehem. Asjkur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Na’ara. Med Na’ara fekk han sønene Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari. Dette var sønene til Na’ara. Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos. Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum. Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho. Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad. Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton. Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka. Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat. Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn. Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na’am, og son til Ela var Kenas. Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel. Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa. Mered hadde ei kone frå Juda; ho fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Mered fekk òg born med Bitja, dotter til farao, som han hadde gift seg med. Kona til Hodia, som var syster hans Naham, hadde desse sønene: far til Ke’ila frå Garem og Esjtemoa frå Ma’aka. Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet. Etterkomarane etter Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei ættene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea, Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde hatt eigedomar i Moab, men var komne heim att til Betlehem – etter gamle segner. Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta’im og Gedera. Der heldt dei til hjå kongen og var i teneste hjå han. Sønene til Simeon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul. Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma. Sønene til Misjma var Hammuel, Sakkur og Sjimi. Sjimi hadde seksten søner og seks døtrer. Men brørne hans hadde ikkje mange søner. Difor auka ikkje ætta deira så mykje som Juda-sønene. Dei budde i Be’er-Sjeba, Molada og Hasar-Sjual, i Bilha, Esem og Tolad, i Betuel, Horma og Siklag, i Bet-Markabot, Hasar-Susim, Bet-Biri og Sja’arajim – desse byane hadde dei heilt til David vart konge – og i landsbyane som høyrde til, i Etam, Ajin, Rimmon, Token og Asjan, fem byar i alt, og i alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’al. Dette var bustadene deira, og dei hadde si eiga ætteliste. Mesjobab, Jamlek og Josja, son til Amasja, Joel og Jehu, son til Josjibja, som var son til Seraja Asielsson, Eljoenai, Ja’akoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja, og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri Sjemajason – alle desse som her er nemnde med namn, var hovdingar i ættene sine, og ættgreinene deira breidde seg sterkt. Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt. Og dei fann beite som var grasrikt og godt. Landet var romsleg og vidt, og det var stilt og roleg. Dei som budde der før, høyrde Kams-ætta til. På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn. Dei gjekk laus på Kams-folka og meunittane som dei fann der, og bannstøytte dei. Så busette dei seg i landet, og har butt der til denne dag; for der var det beite for sauene deira. Sidan drog fem hundre av Simeons-sønene til Se’ir-fjella. Leiarar på ferda var Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji. Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har butt der til denne dag. Sønene til Ruben, eldste son til Israel. Ruben var den eldste; men då han vanæra lega åt far sin, fekk Josef Israelsson, bror hans, odelsretten, endå han ikkje var oppskriven som den eldste i ættelistene. For Juda var den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde odelsretten. Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi. Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi. Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Ba’al. Hans son var Be’era, som Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, tok til fange og førte bort. Han var hovding for Rubens-sønene. Brørne hans, ætt for ætt, som dei stod oppskrivne i ættelistene, var Je’iel, hovdingen, Sakarja og Bela, son til Asas, som var son til Sjema Joelsson. Rubens-sønene budde i Aroer og heilt til Nebo og Ba’al-Meon. I aust nådde bustadene deira bort imot den øydemarka som ligg hitanfor Eufrat. For feet deira hadde auka sterkt i Gilead. I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Sidan slo dei seg ned i telta deira langsmed heile austsida av Gilead. Gads-sønene budde midt imot dei i Basan-landet, alt til Salka. Joel var den fremste mellom dei, så kom Sjafam, Janai, domaren i Basan, og brørne deira, ættgrein for ættgrein: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i talet. Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jakdo, som var son til Bus. Aki, son til Abdiel Gunison, var hovding for ættgreinene deira. Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rakk. Dei vart alle oppskrivne i ættelister på den tid Jotam var konge i Juda og Jeroboam konge i Israel. Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta var djerve menn, som bar skjold og sverd, spente boge og var opplærte til krig. Dei var 44 760 våpenføre menn. Dei gjekk til strid mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab og fekk hjelp mot dei, så hagrittane og alle som var i lag med dei, laut gje seg i deira vald. For dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøna deira, fordi dei sette si lit til han. Dei tok med seg feet åt fienden: femti tusen kamelar, to hundre og femti tusen sauer, to tusen esel, og dessutan hundre tusen menn og kvinner. Det hadde vore eit stort mannefall; for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i landet heilt til dei laut fara i fangenskap. Den eine halvparten av Manasse-ætta budde i Basan-landet, radt opp til Ba’al-Hermon og Senir – det er Hermon-fjellet. Og dei vart talrike. Dette var hovdingane for ættgreinene deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jakdiel. Dei var djerve krigarar og namngjetne menn, hovdingar for ættgreinene sine. Men dei sveik sine fedrars Gud. I utruskap heldt dei seg til dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rudt ut for dei. Då eggja Israels Gud assyrarkongen Tiglat-Pileser mot dei, han som dei òg kalla Pul, og han førte bort både Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Han tok dei til Halak, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag. Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Borna til Amram var Aron, Moses og Mirjam. Og sønene til Aron var Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. Elasar fekk sonen Pinhas, og Pinhas fekk Abisjua; Abisjua fekk Bukki, og Bukki fekk Ussi; Ussi fekk Serakja, og Serakja fekk Merajot; Merajot fekk Amarja, og Amarja fekk Akitub; Akitub fekk Sadok, og Sadok fekk Akima’as; Akima’as fekk Asarja, og Asarja fekk Johanan; Johanan fekk Asarja; det var han som gjorde presteteneste i det templet Salomo hadde bygt i Jerusalem. Asarja fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Akitub; Akitub fekk Sadok, og Sadok fekk Sjallum; Sjallum fekk Hilkia, og Hilkia fekk Asarja; Asarja fekk Seraja, og Seraja fekk Josadak. Men Josadak laut fara med då Herren lét Nebukadnesar føra folket i Juda og Jerusalem i fangenskap. Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari. Sønene til Gersjom heitte Libni og Sjimi. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Og sønene til Merari var Makli og Musji. Dette er levittættene, nemnde etter fedrane deira: Gersjom hadde sonen Libni; hans son var Jahat, hans son Simma, hans son Joak, hans son Iddo, hans son Serah og hans son Jeotrai. Kehat hadde sonen Amminadab; hans son var Korah, hans son Assir, hans son Elkana, hans son Ebjasaf, hans son Assir, hans son Tahat, hans son Uriel, hans son Ussia og hans son Saul. Sønene til Elkana var Amasai og Akimot; hans son var Elkana, hans son Sofai, hans son Nahat, hans son Eliab, hans son Jeroham og hans son Elkana. Samuel hadde to søner; den eldste heitte Joel og den yngste Abia. Merari hadde sonen Makli; hans son var Libni, hans son Sjimi, hans son Ussa, hans son Sjima, hans son Haggia og hans son Asaja. Dette er dei mennene som David sette til å styra med songen i Herrens hus etter at paktkista var komen til ro. Dei gjorde songarteneste framfor møteteltet, Guds bustad, alt til Salomo bygde Herrens hus i Jerusalem. Der stod dei og gjorde tenesta si som dei var føresagde. Dette er tempelsongarane og sønene deira: Av Kehat-sønene: songaren Heman, son til Joel, son til Samuel, son til Elkana, son til Jeroham, son til Eliel, son til Toah, son til Sif, son til Elkana, son til Mahat, son til Amasai, son til Elkana, son til Joel, son til Asarja, son til Sefanja, son til Tahat, son til Assir, son til Ebjasaf, son til Korah, son til Jishar, son til Kehat, son til Levi, som var son til Israel. Asaf, bror til Heman, som stod på høgre sida hans, var son til Berekja, son til Sjima, son til Mikael, son til Ba’aseja, son til Malkia, son til Etni, son til Serah, son til Adaja, son til Etan, son til Simma, son til Sjimi, son til Jahat, son til Gersjom, som var son til Levi. Merari-sønene, brørne deira, stod på venstre sida: Etan, son til Kisji, son til Abdi, son til Malluk, son til Hasjabja, son til Amasja, son til Hilkia, son til Amsi, son til Bani, son til Sjemer, son til Makli, son til Musji, son til Merari, som var son til Levi. Dei andre levittane, brørne deira, var sette til å gjera allslags arbeid i huset som er Guds bustad. Men Aron og sønene hans var det som bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Berre dei skulle tena i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt. Dette var etterkomarane etter Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua, hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serakja, hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Akitub, hans son Sadok, hans son Akima’as. Dette er bustadene åt levittane, teltbyane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Fyrst vart det kasta lodd for Arons-sønene av Kehat-ætta, og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring. Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne. Såleis fekk Arons-sønene fristadene Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker, Hilen og Debir med beitemarker, Asjan og Bet-Sjemesj med beitemarker, og frå Benjamins-ætta Geba, Alemet og Anatot med beitemarker. Det var i alt tretten byar, og kvar ætt fekk sin by. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims-ætta, Dans-ætta og halve Manasse-ætta. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan. Merari-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Rubens-ætta, Gads-ætta og Sebulons-ætta. Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane levittane. Dei kasta lodd om desse byane i Juda, Simeon og Benjamin, som dei nemnde med namn, og gav dei til levittane. Dei andre Kehat-ættene fekk desse byane av Efraims-ætta: fristadene Sikem i Efraims-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker, Jokmeam og Bet-Horon med beitemarker, Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker, og av den eine halvparten av Manasse-ætta Aner og Bileam med dei beitemarkene som høyrde til. Dette var det den andre Kehat-ætta fekk. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk av den andre halvparten av Manasse-ætta Golan i Basan og Asjtarot med beitemarker; av Jissakars-ætta Kedesj og Daberat med beitemarker, Ramot og Anem med beitemarker; av Asjers-ætta Masjal og Abdon med beitemarker, Hukok og Rehob med beitemarker; og av Naftali-ætta Kedesj i Galilea, Hammon og Kirjatajim med beitemarker. Merari-sønene, dei andre levittane, fekk av Sebulons-ætta Rimmon og Tabor med beitemarker; og på austsida av Jordan, midt for Jeriko, fekk dei av Rubens-ætta Beser i øydemarka og Jahsa med beitemarker, Kedemot og Mefa’at med beitemarker, og av Gads-ætta Ramot i Gilead og Mahanajim og Hesjbon og Jaser, alle med beitemarker attåt. Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron. Sønene til Tola var Ussi, Refaja, Jeriel, Jakmai, Jibsam og Samuel. Dei var hovdingar for Tola-ættene og djerve krigarar. På Davids tid var dei, etter ættelistene deira, tjueto tusen seks hundre i talet. Sonen til Ussi var Jisrakja og sønene til Jisrakja Mikael, Obadja, Joel og Jisjia; alle fem var dei ættehovdingar. Til kvar ætt høyrde, etter ættelistene deira, flokkar av krigarar, trettiseks tusen; for dei hadde mange koner og born. Brørne deira i alle Jissakars-ættene var òg djerve krigarar. I alt stod det åttisju tusen mann i ættelistene deira. Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael. Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i talet. Dei var ættehovdingar og djerve krigarar. I ættelistene deira stod det tjueto tusen og trettifire mann. Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker. I ættelistene deira stod det tjue tusen to hundre mann, ættehovdingar og djerve krigarar. Sonen til Jediael var Bilhan, og sønene hans var Je’usj, Benjamin, Ehud, Kena’ana, Setan, Tarsis og Akisjahar. Alle desse var sønene til Jediael, ættehovdingar og djerve krigarar, sytten tusen to hundre mann som var budde til å fara i hærferd. Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aker. Sønene til Naftali var Jaksiel, Guni, Jeser og Sjallum; dei var sønene hennar Bilha. Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead. Makir tok ei syster åt Huppim og Sjuppim til kone; ho heitte Ma’aka. Den andre sonen heitte Selofhad. Han hadde berre døtrer. Ma’aka, kona til Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem. Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse. Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho fekk sønene Isjhod, Abieser og Makla. Sønene til Sjemida var Akjan, Sikem, Likhi og Aniam. Son til Efraim var Sjutelak, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham og hans son Sabad. Forutan Sjutelak hadde Efraim sønene Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, då dei kom dit ned og ville rana feet deira. Efraim, far deira, syrgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han. Sidan låg han med kona si, og ho vart med barn. Ho fekk ein son og kalla han Beria, fordi dette hende medan det var ulukke i huset. Dotter hans heitte Sje’era. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sje’era. Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan, hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama, hans son Nun og hans son Josva. Dei byane som Efraims-sønene åtte og budde i, var Betel med landsbyane som høyrde til, og i aust Na’aran, i vest Geser med landsbyar, og så Sikem med landsbyar, heilt til Ajja og landsbyane der ikring. Sønene til Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Ta’anak, Megiddo og Dor, alle med landsbyar ikring. I desse byane budde etterkomarane etter Josef, son til Israel. Sønene til Asjer var Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah. Sønene til Beria var Heber og Malkiel, han som var far til Birsajit. Heber fekk sønene Jaflet, Sjomer og Hotam, og syster deira var Sjua. Sønene til Jaflet var Pasak, Bimhal og Asjvat. Det var Jaflet-sønene. Sønene til Sjomer var Aki, Rohga, Jehubba og Aram. Sønene til Helem, bror hans, var Sofah, Jimna, Sjelesj og Amal. Sønene til Sofah var Suah, Harnefer, Sjual, Beri, Jimra, Beser, Hod, Sjamma, Sjilsja, Jitran og Be’era. Sønene til Jeter var Jefunne, Pispa og Ara. Og sønene til Ulla var Arah, Hanniel og Risja. Alle desse var sønene til Asjer, ættehovdingar, utvalde og djerve krigarar, hovdingar mellom fyrstane. I ættelistene deira stod det tjueseks tusen mann som var skikka til krigsteneste. Benjamin fekk fem søner. Den eldste heitte Bela, den andre Asjbel, den tredje Akrak, den fjerde Noka og den femte Rafa. Bela hadde sønene Addar, Gera, Abihud, Abisjua, Na’aman, Akoak, Gera, Sjefufan og Huram. Sønene til Ehud, som var ættehovdingar for folket i Geba, vart bortførte til Manahat. Det var Na’aman, Akia og Gera som førte dei dit. Desse sønene til Ehud var Ussa og Akihud. Sjaharajim fekk born i Moab-landet etter at han hadde sendt frå seg konene Husjim og Ba’ara. Med Hodesj, kona si, fekk han sønene Jobab, Sibja, Mesja, Malkam, Jeus, Sokja og Mirma. Dette var sønene hans, og dei var ættehovdingar. Med Husjim fekk han Abitub og Elpa’al. Sønene til Elpa’al var Eber, Misjam og Sjemer. Det var han som bygde Ono og Lod med landsbyane som høyrde til. Beria og Sjema var ættehovdingar for folket i Ajjalon. Dei vann over Gat-buane og dreiv dei bort. Akjo, Sjasjak, Jeremot, Sebadja, Arad, Eder, Mikael, Jisjpa og Joka var sønene til Beria. Sebadja, Mesjullam, Hiski, Heber, Jisjmerai, Jislia og Jobab var sønene til Elpa’al. Jakim, Sikri, Sabdi, Elienai, Silletai, Eliel, Adaja, Beraja og Sjimrat var sønene til Sjimi. Jisjpan, Eber, Eliel, Abdon, Sikri, Hanan, Hananja, Elam, Antotia, Jifdeja og Peniel var sønene til Sjasjak. Sjamsjerai, Sjeharja, Atalja, Ja’aresja, Elia og Sikri var sønene til Jeroham. Alle desse var ættehovdingar, hovdingar for kvar si ætt; dei budde i Jerusalem. I Gibeon budde far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka. Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Nadab, Gedor, Akjo og Seker. Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne. Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al. Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika. Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas. Akas fekk sonen Joadda, og Joadda vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa, og Mosa fekk Bina. Hans son var Rafa, hans son Elasa og hans son Asel. Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel. Sønene til Esjek, bror hans, var Ulam, den eldste, Je’usj, den andre, og Elifelet, den tredje. Sønene til Ulam var djerve krigarar og bogeskyttarar. Dei hadde mange søner og sonesøner, hundre og femti i talet. Alle desse var av Benjamins-ætta. Såleis vart alle israelittar innførte i ættelister, og dei er oppskrivne i boka om Israels-kongane. Folket i Juda vart bortført til Babylonia fordi det hadde bore seg trulaust åt. Dei fyrste som slo seg ned i byane og tok over eigedomane deira, var vanlege israelittar og prestar, levittar og tempeltenarar. I Jerusalem budde nokre av Juda-sønene, av Benjamins-sønene og av Efraims- og Manasse-sønene. Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda; av Sjela-sønene: Asaja, den eldste, og sønene hans; av Serah-sønene: Je’uel; brørne deira var i alt seks hundre og nitti mann; av Benjamins-sønene: Sallu, son til Mesjullam, son til Hodavja, son til Hassenua, og Jibneja, son til Jeroham, og Ela, son til Ussi, son til Mikri, og Mesjullam, son til Sjefatja, son til Re’uel, son til Jibnia, og brørne deira, ætt for ætt, ni hundre og femtiseks i talet; alle desse mennene var hovdingar i ættgreinene sine. Av prestane: Jedaja, Jojarib, Jakin, Asarja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, son til Akitub, som var den øvste i Guds hus, Adaja, son til Jeroham, son til Pasjkur, son til Malkia, og Masai, son til Adiel, son til Jaksera, son til Mesjullam, son til Mesjillemot, son til Immer, og brørne deira; dei var alle hovdingar i ættgreinene sine, eitt tusen sju hundre og seksti i talet, menn som dugde vel til å gjera teneste i Guds hus. Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, ein av Merari-sønene, og Bakbakkar, Heresj, Galal og Mattanja, son til Mika, son til Sikri, son til Asaf, og Obadja, son til Sjemaja, son til Galal, son til Jedutun, og Berekja, son til Asa, son til Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-mennene. Portvaktarane var: Sjallum, Akkub, Talmon, Akiman og brørne deira; Sjallum var den øvste av dei. Dei står framleis ved Kongeporten, på austsida. Det er dei som held vakt i levittleirane. Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir. Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han. Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra. Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege. Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden. På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør. Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar. Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med. Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon. Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut. Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen. Men det var nokre av prestane som laga salve av balsamen. Mattitja, ein av levittane, eldste son til Sjallum av Korah-ætta, var tiltrudd å ta seg av bakverket. Og nokre av brørne deira frå Kehat-ætta hadde ansvaret for skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat. Så var det tempelsongarane, ættehovdingar hjå levittane. Dei heldt til i sideroma; for dei laut gjera teneste dag og natt. Dette var ættehovdingane hjå levittane, innførte som hovdingar i ættelistene. Dei budde i Jerusalem. I Gibeon budde Je’uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka. Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Ner, Nadab, Gedor, Akjo, Sakarja og Miklot. Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne. Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al. Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika. Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas. Akas fekk sonen Jara, og Jara vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa, og Mosa fekk Bina. Hans son var Refaja, hans son Elasa og hans son Asel. Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel. Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet. Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul. Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart såra. Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og fara ill med meg.» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det. Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og døydde. Såleis døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han. Då alle israelittane som budde nede på sletta, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der. Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet. Dei rana Saul, hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen for avgudane deira og for folket. Våpna hans la dei ned i gudshuset sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel. Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul, drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei beina deira under eika i Jabesj og heldt faste i sju dagar. Såleis døydde Saul fordi han hadde svike Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord, og fordi han hadde spurt daudingånder til råds og ikkje søkt råd hjå Herren. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David Isaison. Heile Israel kom saman hjå David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du. Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.» Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Og dei salva han til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel. No drog David og heile Israel til Jerusalem – det er det same som Jebus. Der budde jebusittane. Då sa folket i Jebus til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding. David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davids-byen. Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og utover. Og Joab bygde opp att resten av byen. Sidan auka Davids velde meir og meir; for Herren, Allhærs Gud, var med han. Dette er dei fremste av krigarane til David. Saman med heile Israel gav dei kongedømet hans sterk støtte, så dei fekk gjort han til konge etter Herrens ord om Israel. Vi skal no rekna opp krigarane til David: Fyrst var det Jasjobam av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ei av dei tre kjempene. Han var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid. Det var ein tett byggåker der, og då folket rømde for filistarane, gjekk Elasar midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger. Ein gong fór tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!» Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn og sa: «Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt desse mennene som våga livet sitt?» For dei våga livet då dei henta vatn. Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene. Så var det Absjai, bror til Joab; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti. Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre. Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve. Like eins felte han ein kjempestor egyptar, som var fem alner høg. I handa hadde egyptaren eit spyd, så tjukt som ein vevbom. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd. Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane. Han var høgt vørd mellom dei tretti; men han kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si. Dei djervaste krigarane var: Asael, bror til Joab; Elkanan, son til Dodo, frå Betlehem; Sjammot frå Harod; Heles frå Pelet; Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; Abieser frå Anatot; Sibbekai frå Husja; Ilai frå Akoak; Mahrai frå Netofa; Heled, son til Ba’ana, frå Netofa; Itai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; Benaja frå Piraton; Hurai frå Ga’asjdalane; Abiel frå Bet-Araba; Asmavet frå Bakurim; Eljakba frå Sja’albon; Hasjem-sønene frå Gison; Jonatan, son til Sjage, frå Harar; Akiam, son til Sjarar, frå Harar; Elifal, son til Ur; Hefer frå Mekera; Akia frå Pelet; Hesro frå Karmel; Na’arai, son til Esbai; Joel, bror til Natan; Mibhar, son til Hagri; Selek frå Ammon; Nakrai frå Be’erot, våpensveinen til Joab, son til Seruja; Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir; hetitten Uria; Sabad, son til Aklai; Adina, son til Sjisa, frå Ruben, hovding over Rubens-sønene, og tretti mann med han; Hanan, son til Ma’aka; Josjafat frå Mitne; Ussia frå Asjtera; Sjama og Je’iel, sønene til Hotam, frå Aroer; Jediael, son til Sjimri, og Joka, bror hans, frå Tis; Eliel frå Mahanajim, Jeribai og Josjavja, sønene til Elna’am, og Jitma frå Moab; Eliel, Obed og Ja’asiel frå Soba. Dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til dei kjempene som hjelpte han i striden. Dei var væpna med boge, og både med høgre og venstre handa kunne dei kasta stein med slyngje og skyta piler av bogen. Dei var frendane til Saul, av Benjamins-ætta. Det var Akieser, hovdingen deira, Joasj, son til Sjema’a, frå Gibea, Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot; Jisjmaja frå Gibeon, ein av dei tretti krigarane og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera; Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf; Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-ætta; Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor. Av Gads-sønene gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i øydemarka, djerve krigarar, stridsvane kjemper, væpna med skjold og spyd. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella. Den fyrste var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab, den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia, den sjette Attai, den sjuande Eliel, den åttande Johanan, den niande Elsabad, den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai. Desse høyrde Gads-sønene til og var hovdingar i hæren, den ringaste over hundre, den gjævaste over tusen. Det var dei som gjekk over Jordan i den fyrste månaden, då elva flødde over sine bredder, og dreiv alle som budde i dalen, på flukt, somme austover og somme vestover. Ein gong kom nokre av Benjamins- og Juda-sønene til David i fjellborga. David gjekk ut til dei, tok til ords og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, då er eg viljug til å gå saman med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå eg ingen urett har gjort, så gjev våre fedrars Gud må sjå det og straffa dykk!» Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa: Dine er vi, og med deg held vi lag, ¬du Isaison. Gjev det må gå deg vel, og gjev det må gå ¬dine hjelpesmenn vel! For du får hjelp frå din Gud. Så tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin. Av Manasse-mennene var det òg nokre som gjekk over til David. Det var den gongen han saman med filistarane drog ut og skulle strida mot Saul. Likevel kom han ikkje til å hjelpa dei. For fyrstane deira vart samde om å senda han bort. «Det vil kosta oss livet,» sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.» Då han så fór til Siklag, gjekk nokre av Manasse-mennene over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var hovdingar for dei hærflokkane som høyrde Manasse til. Dei hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenn alle saman, og dei vart hovdingar i hæren. Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein stor, ja veldig hær. Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til han, så som Herren hadde sagt: av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid; av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn; av Levi-sønene 4 600; og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann, og like eins Sadok, ein ung og djerv stridsmann, med den ætta han høyrde til, 22 hovdingar; av Benjamins-sønene, ættefrendane til Saul, 3 000 mann; til då hadde storparten av dei halde seg til Sauls hus; av Efraims-sønene 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i ættgreinene sine; av den eine halvparten av Manasse-ætta 18 000 mann som var oppnemnde til å fara av stad og gjera David til konge; av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei; av Sebulons-ætta 50 000 stridsføre menn, budde med alle slag våpen, ei fylking fast rådd på å hjelpa; av Naftali-ætta 1 000 hovdingar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd; av Dans-sønene 28 600 stridsbudde menn; av Asjers-ætta 40 000 stridsføre og hærbudde menn; og frå hi sida av Jordan, av Rubens-sønene og Gads-sønene og den andre halvparten av Manasse-ætta 120 000 fullvæpna stridsmenn. Alle desse krigarane kom i ordna fylking og med fast vilje til Hebron og ville gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge. Dei var der hjå David i tre dagar. Og dei åt og drakk; for landsmennene deira hadde stelt til gjestebod for dei. Og frå grannelaget, ja jamvel frå Jissakar, Sebulon og Naftali kom dei med mat på esel, kamelar, muldyr og oksar: mjøl, fikenkaker, rosinkaker, vin og olje og storfe og småfe i mengd. For no var gleda stor i Israel. David samrådde seg med førarane, både dei over tusen og dei over hundre mann, med alle hovdingane. Så sa han til alle israelittane som var samla: «Om de så synest, og kjem det frå Herren vår Gud, så lat oss senda bod til dei av brørne våre som er att rundt i heile Israel, og samstundes til prestane og til levittane i byane deira med beitemarker ikring, og be dei koma saman hjå oss. Så skal vi flytta vår Guds paktkiste hit. For i Sauls dagar spurde vi aldri etter den.» Då svara heile folket som var samla, at så skulle gjerast; for alle tykte det var rett. Så samla David heile Israel frå Sjikor i Egypt til Lebo-Hamat; dei skulle henta Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim. Og David og alle israelittane fór opp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som ligg i Juda. Der ville dei henta paktkista åt Herren Gud, han som tronar over kjerubane, og som kista har namn etter. Dei sette Guds kiste på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Akjo som køyrde vogna. David og heile Israel dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, cymblar og trompetar. Men då dei kom til treskjevollen åt Kidon, rette Ussa ut handa og tok tak i paktkista, fordi oksane var ustyrlege. Då vart Herren brennande harm på Ussa og slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds åsyn. David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste hit til meg?» Så tok han ikkje paktkista med seg til Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat. Der vart ho ståande i tre månader. Og Herren velsigna huslyden åt Obed-Edom og alt det som høyrde han til. Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømmermenn, som skulle byggja eit hus åt han. David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans; for riket hans hadde nått høgt i vørdnad på grunn av Israel, folket hans. David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer. Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo, Jibhar, Elisjua, Elpelet, Nogah, Nefeg, Jafia, Elisjama, Be’eljada og Elifelet. Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut imot dei. Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.» Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Gud har brote igjennom fiendens rekkjer ved mi hand liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim. Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David sa frå at dei skulle brennast. Men filistarane kom att og spreidde seg ut over dalen. Då spurde David Herren til råds ein gong til, og han svara: «Du skal ikkje fylgja rett etter dei, men ta ein omveg, så du kjem over dei midt for bakatrea. Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du gå til strid. For då har Gud drege ut framføre deg og vil slå filistarane.» David gjorde som Gud hadde sagt, og han slo filistarhæren og forfylgde dei frå Gibeon til Geser. Gjetordet om David nådde ut til alle land, og Herren laga det så at alle folkeslag vart redde for han. Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davids-byen. Han stelte til ein stad åt Guds paktkiste og sette opp eit telt åt henne. Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.» Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til åt henne. Og David kalla saman Arons-sønene og levittane: av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og brørne hans, 120 mann; av Merari-sønene Asaja, den øvste, og brørne hans, 220 mann; av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og brørne hans, 130 mann; av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og brørne hans, 200 mann; av Hebron-sønene Eliel, den øvste, og brørne hans, 80 mann; av Ussiel-sønene Amminadab, den øvste, og brørne hans, 112 mann. Så kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levittane Uriel, Asaja, Joel, Sjemaja, Eliel og Amminadab og sa til dei: «De er hovdingar for ættgreinene åt levittane. Helga dykk no, både de og brørne dykkar, og før så paktkista åt Herren, Israels Gud, opp til den staden eg har stelt til åt henne. Når Herren førre gongen braut inn mellom oss, var det fordi de ikkje var med; vi søkte han ikkje på rett vis.» Då helga dei seg, prestane og levittane, så dei kunne føra paktkista åt Herren, Israels Gud, opp dit ho skulle. Og levittane bar henne på akslene sine etter berestengene, så som Moses etter Herrens ord hadde sagt dei føre. Så baud David levitthovdingane at dei skulle la brørne sine, songarane, stiga fram med musikkinstrument, med harper, lyrer og cymblar. Dei skulle spela på dei medan dei lét gledesongen ljoma. Då lét levittane Heman Joelsson stiga fram, og av brørne hans Asaf, son til Berekja, og av Merari-sønene, brørne deira, Etan, son til Kusjaja. Saman med dei var brørne deira av annan rang: Sakarja, Ja’asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Benaja, Ma’aseja, Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom og Je’iel, portvaktarane. Songarane Heman, Asaf og Etan skulle slå på bronsecymblar. Sakarja, Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Ma’aseja og Benaja skulle spela på harpe etter «Alamot». Og Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom, Je’iel og Asasja skulle spela på lyre etter «Sjeminit» og styra songen. Kenanja, den øvste av levittsongarane, skulle styra songen; for han skjøna seg på det. Berekja og Elkana var dørvaktarar ved paktkista. Prestane Sjebanja, Josjafat, Netanel, Amasai, Sakarja, Benaja og Elieser bles i trompetar framfor Guds paktkiste. Og Obed-Edom og Jehia heldt vakt ved døra. Så tok dei ut, David og dei eldste i Israel og tusenmannsførarane; med fagnad skulle dei henta Herrens paktkiste opp frå huset åt Obed-Edom. Og fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju verar. David var kledd i ei kappe av fint lin, og like eins alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, songmeisteren, som styrte songen. David hadde òg på seg presteskrud av lin. Så førte då heile Israel Herrens paktkiste opp med fagnadrop og hornlåt, og dei bles i trompetar og slo på cymblar og spela på harpe og lyre. Men då paktkista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa, og ho vanvørde han. Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist åt henne, og dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Gud. Då David var ferdig med å bera fram desse offera, velsigna han folket i Herrens namn. Så delte han ut til kvar israelitt, både mann og kvinne, ein brødleiv, ei daddelkake og ei rosinkake. Sidan sette han nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud. Asaf var den øvste av dei; etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på cymblane, og prestane Benaja og Jahasiel skulle støtt blåsa i trompetar framfor paktkista. Den dagen sette David for fyrste gong Asaf og brørne hans til å lovsyngja Herren: Pris Herren, ¬kalla på hans namn, forkynn hans storverk ¬mellom folka! Syng for han, og spel for han, tal om alle hans under! Ros dykk av hans ¬heilage namn! Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg. Spør etter Herren og hans makt, søk alltid hans åsyn! Kom i hug dei under ¬han har gjort, hans teikn og domsord, de born av Israel, hans tenar, Jakobs søner, ¬som han har valt ut. Han er Herren vår Gud, over all jorda rår hans rett. Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid, det ord han gav til tusen ætter, den pakt han gjorde ¬med Abraham, sin dyre lovnad til Isak. Den gjorde han til ei lov ¬for Jakob, til ei evig pakt for Israel. Han sa: «Deg vil eg gje Kanaan til arv og eige.» Då dei endå var få i landet, ein liten flokk av innflyttarar, vandra dei frå folk til folk, frå det eine riket til det andre. Men han lét ingen få trælka dei, han tukta kongar ¬for deira skuld: «Rør ikkje dei som eg har salva, gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!» Syng for Herren, all jorda, forkynn frå dag til dag ¬hans frelse! Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom, mellom alle folk ¬om hans under! Ja, stor og høglova er Herren, meir ageleg enn alle gudar. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde. Det var Herren ¬som skapte himmelen. Høgd og herlegdom ¬er framføre han, makt og glede ¬på hans heilage stad. Gjev Herren ære og makt, gjev han ære og makt, ¬de folkeætter! Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha, stig fram for han ¬med offergåver! Bøy dykk for Herren og tilbed han i heilagt skrud! Skjelv for hans åsyn, ¬all jorda! Fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast. Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla; dei skal fortelja mellom folka: Herren er konge. Havet og alt som i det er, ¬skal brusa. Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla, kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd. Dei skal ropa for Herren, som kjem ¬og vil døma jorda. Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer til evig tid! Frels oss, vår frelsande Gud, ¬skal dei seia. Samla oss og berga oss ¬frå folkeslaga, så vi kan prisa ¬ditt heilage namn og setja vår ære ¬i å lovsyngja deg. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Og alt folket sa «amen» og prisa Herren. Så lét David Asaf og brørne hans vera der framfor Herrens paktkiste – dei skulle støtt gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag – og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i talet. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar. Men presten Sadok og brørne hans, prestane, lét han vera framfor Herrens bustad på haugen i Gibeon. Dei skulle støtt bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel. Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, røysta i: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!» Desse to, Heman og Jedutun, hadde trompetar og cymblar hjå seg til bruk for dei som skulle spela, og like eins andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar. Så tok alt folket ut og fór kvar til sin heim; og David vende òg heim att, ville velsigna huslyden sin. Ein dag David sat i huset sitt, sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Herrens paktkiste står i eit telt.» Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Gud er med deg.» Men same natta kom Guds ord til Natan, og det lydde så: «Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Du skal ikkje byggja det huset eg skal bu i. Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane hit opp, og til denne dag. Men eg har ferdast om frå telt til telt, frå bustad til bustad. Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar, som eg sette til å vakta folket mitt: Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre? Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt. Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det. Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir, og valdsmenn skal ikkje herja dei som i gamle dagar. Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men eg tvinga alle fiendane dine under deg. Og no forkynner eg deg at Herren vil byggja eit hus åt deg. Når tida di er ute, og du fer til fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp ein som er av di eiga ætt, ein av sønene dine, og eg vil grunnfesta kongedømet hans. Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid. Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg. Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.» Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David. Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mi ætt, sidan du har ført meg til denne dag? Og endå var dette for lite for deg, Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Og du ser på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud. Kva meir skal David seia til deg om den æra du har vist meg? Du kjenner då tenaren din. Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting. Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt. Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt – eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Med storverk og under skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut or Egypt. Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud. Så lat det no, Herre, stå ved lag for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og ætta hans, og gjer som du har sagt! Ja, lat det stå ved lag! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, han er Gud for Israel! Og ætta åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn. For du, min Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg. Ja, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden. Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For det som du velsignar, Herre, det er velsigna til evig tid. Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane som låg ikring. Moabittane vann han òg over. Dei laut gje seg under han og svara skatt. Like eins vann David over Hadadeser, kongen i Soba, ved Hamat, då han drog ut og ville vinna herredøme ved Eufrat. David tok frå han tusen vogner, sju tusen hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre av dei. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei. David la vaktmannskap i Damaskus-riket. Aramearane laut gje seg under han og svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram. David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem. Og frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med bronse. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara. Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba, sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på han og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden mot Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse. Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane. Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, atten tusen mann. Så la David vaktmannskap i Edom, og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram. Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt. Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar. Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar. Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var dei fremste hjå kongen. Ei tid etter bar det så til at Nakasj, kongen i Ammon, døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han. Då tenkte David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende David nokre menn som skulle trøysta han i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun, sa ammonitthovdingane til han: «Trur du det er fordi han vil æra far din, at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi dei vil ransaka landet, speida det ut og så øydeleggja det, at mennene hans er komne hit til deg?» Då greip Hanun mennene til David. Han raka dei, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg. Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.» Då ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og mennene hans tusen talentar sølv til å leiga vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå aramearriket Ma’aka og frå Soba. Dei leigde trettito tusen vogner og fekk med seg kongen i Ma’aka og hæren hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd. Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren. Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve bortpå marka. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane. Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane. Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg hjelpa deg. Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.» Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han. Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Absjai, bror til Joab, og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att til Jerusalem. Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom, og over seg hadde dei Sjofak, hærføraren til Hadadeser. Då David fekk melding om det, samla han heile Israel og sette over Jordan. Då han kom fram til aramearane, fylka han hæren sin mot dei, og dei gav seg i strid med han. Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju tusen av stridsvognene deira og felte førti tusen mann av fotfolket. Sjofak, hærføraren, fekk òg sin bane der. Då mennene åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med David og gav seg under han. Sidan ville ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir. Året etter, på den tid kongane plar fara i hærferd, drog Joab ut med hæren sin og herja ammonittlandet. Då han kom til Rabba, kringsette han byen. Sjølv sat David heime i Jerusalem. Men Joab tok Rabba og øydela han. David tok krona av hovudet på ammonittkongen. Han fann at ho var av gull og vog ein talent, og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og øksar. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren. Sidan kom det til strid med filistarane ved Geser. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Sippai og var ein av etterkomarane etter Rafa. Då vart dei kua. Endå ein gong kom det til strid med filistarane, og Elkanan, son til Ja’ir, felte Lakmi, bror til Goliat frå Gat, som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom. Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa. Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned. Alle desse var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei. Satan stod fram mot Israel og eggja David til å halda folketeljing i landet. Då sa David til Joab og dei andre hærførarane: «Gå av stad og tel israelittane frå Be’er-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.» Joab svara; «Gjev Herren må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Er dei ikkje alle dine tenarar, herre konge? Kvifor krev du då dette, herre? Kvifor skal dette føra skuld over Israel?» Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab. Så tok Joab ut og fór ikring i heile Israel. Og då han kom heim att til Jerusalem, la han fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det elleve hundre tusen våpenføre menn og i Juda fire hundre og sytti tusen. Men Levi og Benjamin hadde han ikkje talt saman med dei andre. For Joab hadde mykje imot det påbodet kongen hadde gjeve. Det som hadde hendt, var vondt i Guds augo, og han ville straffa Israel. Då sa David til Gud: «Eg synda storleg då eg gjorde dette. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.» Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa: «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.» Så gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: No kan du velja, anten naud og svolt i tre år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader utan at du kjem deg unna sverdet deira, eller at pesten, Herrens sverd, fer over landet i tre dagar, og Herrens engel herjar i heile Israels-riket. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.» David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.» Så lét Herren ein pest koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket. Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han heldt på med øydinga, såg Herren det. Då angra Herren på den ulukka han hadde sendt, og sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan. Då David såg opp, fekk han auga på Herrens engel, som stod mellom himmel og jord med eit drege sverd i handa og rette det ut mot Jerusalem. Då kasta både David og dei eldste seg til jorda, kledde i botsdrakt. Og David sa til Gud: «Å, eg som ville at folket skulle teljast! Det er eg som har synda og bore meg ille åt. Men desse som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di råma meg og ætta mi, men spar folket ditt for pesten!» Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen åt jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der. Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt i Herrens namn. Ornan heldt nett på og treskte kveite. Då han snudde seg, fekk han sjå engelen, og dei fire sønene som var med han, gøymde seg. Som no David kom fram, såg Ornan opp og vart var kongen. Då gjekk han bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda. Og David sa til han: «Lat meg få treskjevollen din, så eg kan byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så folket kan friast for pesten.» Då sa Ornan til David: «Ta du vollen, herre konge, og gjer det du tykkjer er best. Sjå, her gjev eg deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette skal vera ei gåve frå meg.» Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det for full pris. Eg vil ikkje ta det som ditt er, og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.» Så vog David opp seks hundre sekel gull og gav Ornan for treskjevollen. Han bygde eit altar for Herren der, og bar fram brennoffer og måltidsoffer og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og fór ned på brennofferaltaret. Så sa Herren til engelen at han skulle stikka sverdet sitt i slira att. Då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen åt jebusitten Ornan, ofra han der. Herrens møtetelt, som Moses hadde fått laga i øydemarka, og brennofferaltaret stod den gongen på haugen i Gibeon. Men David torde ikkje gå dit og søkja Gud, så redd var han for sverdet åt Herrens engel. Då sa David: «Her skal det stå, huset åt Herren Gud, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.» Så baud David at alle innflyttarane som budde i Israel, skulle kallast saman, og han sette dei til å hogga til den steinen som Guds hus skulle byggjast av. Han drog òg i hop ei mengd med jern til naglar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast, og tallause sederbjelkar. Og mennene i Sidon og Tyrus førte ei mengd med sedertre til David. For han tenkte med seg: «Salomo, son min, er ung og veik. Men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det vert kjent og lovprist i alle land. Difor vil eg førebu bygget.» Så samla David ei mengd med vyrke før han døydde. Ein dag kalla han til seg Salomo, son sin, og bad han byggja eit hus åt Herren, Israels Gud. David sa til han: Son min, eg hadde sjølv tenkt å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud. Men Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Mykje blod har du rent ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus åt meg; for eg har sett kor mykje blod du har rent ut. Men du skal få ein son som skal vera ein fredsæl mann, og han vil eg gje ro for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg la Israel få fred og ro. Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans, og eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.» Så vere då Herren med deg, son min! Gjev du må ha lukka med deg og få byggja huset åt Herren din Gud, så som han har sagt om deg. Berre no Herren vil gje deg vit og skjøn når han set deg over Israel, og berre du vil halda lova åt Herren din Gud! Då kjem du til å ha lukka med deg, når du legg vinn på å leva etter dei føresegner og bod som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver djerv og sterk! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Her har eg med strev og møde samla til Herrens hus hundre tusen talentar gull, ein million talentar sølv, og så mykje bronse og jern at ingen kan vega det. Tre og stein har eg òg fått fram, og meir kan du sjølv leggja til. Arbeidsfolk har du i flokketal: steinhoggarar, murarar og tømmermenn, og mykje folk som skjønar seg på allslags arbeid i gull, sølv, bronse og jern. Gå til verket, og Herren vere med deg! Så bad David alle Israels hovdingar at dei skulle hjelpa Salomo, son hans: «Ser de ikkje at Herren dykkar Gud er med dykk og har gjeve dykk ro på alle kantar? Han har gjeve meg herredøme over dei som budde i landet, og landet er lagt under Herren og folket hans. Så legg no hjarta og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Og gjer dykk ferdige til å byggja heilagdomen åt Herren Gud, så de kan få flytt Herrens paktkiste og dei heilage kara som høyrer gudstenesta til, inn i det huset som skal byggjast for Herrens namn.» Då David var gamal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel. Så kalla han saman alle hovdingane i Israel og prestane og levittane. Det vart halde manntal over levittane, så mange som var tretti år eller meir, og talet på menn var trettiåtte tusen. Kongen sa: «Av desse skal tjuefire tusen stå for arbeidet på Herrens hus, og seks tusen skal vera tilsynsmenn og domarar. Fire tusen skal vakta dørene, og fire tusen skal lovsyngja Herren til tonar frå dei instrument som eg har fått laga til bruk ved lovsongen.» David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari. Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi. Sønene til Ladan var Jehiel, som var hovding, og Setam og Joel, tre i talet. Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i talet. Det var hovdingane i Ladan-ættene. Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je’usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i talet. Jahat var hovding, så kom Sisa. Je’usj og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for ei ættgrein, eitt yrkeslag. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i talet. Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla dei høgheilage tinga, bera fram offer for Herren og lysa velsigning i hans namn til evig tid. Men sønene til Moses, gudsmannen, skulle reknast til Levi-ætta. Sønene hans var Gersjom og Elieser. Gersjom hadde sonen Sjubael, som var hovding. Son til Elieser, Rehabja, var òg hovding. Elieser hadde ikkje fleire søner, men sønene til Rehabja var svært mange. Jishar hadde sonen Sjelomit, som var hovding. Av Hebron-sønene var Jeria hovding; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam. Av Ussiel-sønene var Mika hovding, og så kom Jisjia. Merari-sønene var Makli og Musji. Sønene til Makli var Elasar og Kisj. Då Elasar døydde, var det ingen søner etter han, berre døtrer; dei gifte seg med frendane sine, sønene til Kisj. Sønene til Musji var Makli, Eder og Jeremot, tre i talet. Dette var Levi-sønene, kvar ættgrein for seg, alle ættehovdingane som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover. David sa: «No har Herren, Israels Gud, gjeve folket sitt ro og vil bu i Jerusalem til evig tid. Difor treng ikkje levittane bera teltet meir, eller noko av alt det som høyrer med til tenesta der.» For det var etter dei siste føresegnene frå David at det vart halde manntal over levittane, så mange som var tjue år eller meir. Det dei fekk i oppgåve, var å hjelpa Arons-sønene med tenesta i Herrens hus. Dei skulle ha tilsyn med føregardane og sideroma, syta for at alt det heilage vart halde reint, og greia alt arbeid som fylgde med tenesta i Guds hus – stella med skodebrøda, kveitemjølet til grødeofferet og dei usyrte brødleivane, med det som vert steikt på helle, og med deigen som vert knadd; dei skulle òg sjå etter alle mål, både holmål og lengdemål. Kvar morgon skulle dei stå og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld. Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart frambore brennoffer for Herren, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene. Så ofte som fastsett var, skulle dei stiga fram for Herren. Såleis skulle dei syta for tenesta i møteteltet og heilagdomen, den tenesta som Arons-sønene, brørne deira, tek seg av i Herrens hus. Arons-sønene òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar. Men Nadab og Abihu døydde før far sin og hadde ingen søner. Det var såleis berre Elasar og Itamar som vart prestar. Saman med Sadok av Elasar-sønene og Akimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i flokkar etter den tenesta dei skulle ha. Men då det synte seg at Elasar-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamar-sønene, laga dei det så at Elasar-sønene fekk seksten hovdingar for sine ættgreiner og Itamar-sønene åtte for sine ættgreiner. Det var med loddkasting dei delte dei, begge ættene. For det fanst leiarar for det heilage, for det som har med Gud å gjera, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene. Skrivaren Sjemaja, son til Netanel av Levi-ætta, skreiv dei opp, medan kongen og stormennene, presten Sadok og Akimelek, son til Ebjatar, og ættehovdingane åt prestane og levittane såg på. Kvar gong dei tok ut ei ættgrein for Itamar, tok dei ut to for Elasar. Det fyrste loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja, det tredje på Harim, det fjerde på Seorim, det femte på Malkia, det sjette på Mijamin, det sjuande på Hakkos, det åttande på Abia, det niande på Jesjua, det tiande på Sjekanja, det ellevte på Eljasjib, det tolvte på Jakim, det trettande på Huppa, det fjortande på Jesjebab, det femtande på Bilga, det sekstande på Immer, det syttande på Hesir, det attande på Happisses, det nittande på Petakja, det tjuande på Jeheskel, det tjuefyrste på Jakin, det tjueandre på Gamul, det tjuetredje på Delaja og det tjuefjerde på Ma’asja. Dette var dei skifta dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus, så som Aron, ættefar deira, hadde sagt dei føre etter det påbodet han hadde fått frå Herren, Israels Gud. Dei andre Levi-sønene var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jekdeja; av Rehabja-sønene Jisjia, som var hovding; av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat; av Hebron-sønene Jeria – den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam; av Ussiel-sønene Mika; av Mika-sønene Sjamir – bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja; av Merari-sønene Makli og Musji – mellom sønene hans var Ja’asia òg, og etterkomarar etter Merari gjennom Ja’asia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri; av Makli-sønene Elasar, som ikkje hadde søner sjølv; av Kisj-sønene Jerakme’el; av Musji-sønene Makli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, ættgrein for ættgrein. Dei òg kasta lodd, liksom Arons-sønene, brørne deira, medan kong David, Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levittane stod og såg på, dei fremste ættgreinene så vel som dei ringaste. Så skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela på lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta: av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela – Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød så som kongen hadde sagt føre; av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet – dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela på lyre til Herrens lov og pris; av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot. Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer. Alle desse stod under fedrane sine, Asaf, Jedutun og Heman, når dei var med på gudstenesta i Herrens hus og song til tonane frå cymblar, harper og lyrer, alt etter føresegn frå kongen. Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var to hundre og åttiåtte, dugande songarar alle saman. Dei kasta lodd om arbeidet sitt, og alle stod likt, den minste som den største, meisteren som læresveinen. Det fyrste loddet fall på Josef av Asaf-ætta; den andre var Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i talet; den tredje var Sakkur med søner og brør, tolv i talet. Det fjerde loddet fall på Jisri med søner og brør, tolv i talet; den femte var Netanja med søner og brør, tolv i talet; den sjette var Bukkia med søner og brør, tolv i talet; den sjuande var Jesarela med søner og brør, tolv i talet; den åttande var Jesaja med søner og brør, tolv i talet; den niande var Mattanja med søner og brør, tolv i talet; den tiande var Sjimi med søner og brør, tolv i talet; den ellevte var Asarel med søner og brør, tolv i talet. Det tolvte loddet fall på Hasjabja med søner og brør, tolv i talet; den trettande var Sjubael med søner og brør, tolv i talet; den fjortande var Mattitja med søner og brør, tolv i talet. Det femtande loddet fall på Jeremot med søner og brør, tolv i talet; det sekstande fall på Hananja med søner og brør, tolv i talet; det syttande fall på Josjbekasja med søner og brør, tolv i talet; det attande fall på Hanani med søner og brør, tolv i talet; det nittande fall på Malloti med søner og brør, tolv i talet; det tjuande fall på Eliata med søner og brør, tolv i talet; det tjuefyrste fall på Hotir med søner og brør, tolv i talet; det tjueandre fall på Giddalti med søner og brør, tolv i talet; det tjuetredje fall på Mahasiot med søner og brør, tolv i talet, og det tjuefjerde fall på Romamti-Eser med søner og brør, tolv i talet. Portvaktarane var òg inndelte i skift. Til Korah-sønene høyrde Mesjelemja, son til Kore, av Asaf-ætta. Mesjelemja hadde desse sønene: Sakarja var den eldste, Jediael den andre, Sebadja den tredje, Jatniel den fjerde, Elam den femte, Johanan den sjette og Eljoenai den sjuande. Obed-Edom hadde desse sønene: Sjemaja var den eldste, Josabad den andre, Joah den tredje, Sakar den fjerde, Netanel den femte, Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han. Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i ætta si; for dei var dugande menn. Dette er sønene til Sjemaja: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn. Alle desse var ætta frå Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn, som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom sekstito etterkomarar. Mesjelemja hadde òg søner og brør, dugande menn, atten i talet. Hosa, som høyrde Merari-ætta til, hadde desse sønene: Sjimri, som var hovding; han var ikkje den eldste, men faren sette han likevel til hovding; den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør. Desse skifta av portvaktarar, hovdingane så vel som brørne deira, var det som skulle gjera vaktteneste i Herrens hus. Dei kasta lodd om kvar einskild port, ættgrein for ættgrein, den minste som den største. Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans. Obed-Edom fekk sørporten og sønene hans lagerromet. Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleketporten, der hovudvegen går oppover. Såleis kom den eine vaktposten til å stå etter den andre. På austsida stod seks levittar, på nordsida fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerhuset to og to. Ved den opne plassen i vest stod fire attmed vegen og to attmed sjølve plassen. Dette var skifta av portvaktarar, som var ætta frå Korah og Merari. Nokre av levittane, brørne til portvaktarane, hadde tilsyn med skattane i Guds hus og med dei gåvene som var vigde til Herren. Til Ladan-sønene, etterkomarane etter Gersjon-sønene gjennom Ladan, høyrde Jehiel-sønene; dei var hovdingar i ættgreinene åt Ladan. To av dei, Setam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattane i Herrens hus. Andre høyrde Amram-, Jishar-, Hebron- og Ussiel-sønene til. Mellom dei var Sjubael, son til Gersjom, son til Moses; han var øvste tilsynsmannen over skattane. Frendane hans av Elieser-ætta var Rehabja, son til Elieser, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot. Denne Sjelomot og brørne hans hadde tilsyn med skattane som var vigde til Herren, dei heilage gåvene som dei hadde gjeve, både kong David og ættehovdingane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane. Av det hærfanget dei tok i krigen, hadde dei vigt noko, så Herrens hus kunne haldast i stand. Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde vigt – alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med. Av Jishar-ætta vart Kenanja og sønene hans sette til å ta seg av dei verdslege gjeremåla i Israel; dei skulle vera tilsynsmenn og domarar. På vestsida av Jordan var Hasjabja og brørne hans av Hebron-ætta, eitt tusen sju hundre dugande menn, sette til å stå for alt som høyrde med til Herrens gjerning og kongens teneste i Israel. Til Hebron-ætta høyrde Jeria, som var hovding for ættene og ættgreinene åt Hebron-sønene. I det førtiande styringsåret åt David vart det røkt etter, og då synte det seg at det fanst dugande stridsmenn mellom dei i Jaser i Gilead. Frendane til Jeria, to tusen sju hundre dugande menn, var òg hovdingar for ættgreiner. Kong David sette dei over Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta til å ta seg av alt det som skulle gjerast for Gud og kongen. Dette er talet på ættehovdingane åt israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hærflokken å gjera. Heile året arbeidde desse flokkane på skift, ein månad om gongen, og kvar av dei var på tjuefire tusen mann. Over den fyrste hærflokken, som gjorde teneste i den fyrste månaden, stod Jasjobam, son til Sabdiel. Flokken hans var på tjuefire tusen mann. Han var ætta frå Peres og var den øvste av alle dei hærførarane som gjorde teneste i den fyrste månaden. Over den hærflokken som gjorde teneste i den andre månaden, stod Dodai frå Akoak. Miklot var ein av førarane i flokken hans, som var på tjuefire tusen mann. Den tredje hærføraren, han som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til presten Jojada. Han var den øvste i hærflokken og hadde tjuefire tusen mann under seg. Denne Benaja var ei kjempe mellom dei tretti hovdingane og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i flokken hans. Den fjerde hærføraren, han som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den femte, han som gjorde teneste i den femte månaden, var Sjamhut, ein hærførar av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den sjette, han som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den sjuande, han som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelet, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den åttande, han som gjorde teneste i den åttande månaden, var Sibbekai, ein av Serah-sønene av Husja-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den niande, han som gjorde teneste i den niande månaden, var Abieser frå Anatot, av Benjamins-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den tiande, han som gjorde teneste i den tiande månaden, var Mahrai frå Netofa, av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den ellevte, han som gjorde teneste i den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Den tolvte, han som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann. Hovdingane for Israels-ættene var: for Rubens-sønene Elieser, son til Sikri; for Simeons-sønene Sjefatja, son til Ma’aka; for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok; for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael; for Sebulon Jisjmaja, son til Obadja; for Naftali Jerimot, son til Asriel; for Efraims-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-ætta Joel, son til Pedaja; for den andre halvparten av Manasse-ætta, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Ja’asiel, son til Abner; for Dan Asarel, son til Jeroham. Dette var hovdingane for Israels-ættene. David tok ikkje tal på dei som var under tjue år. For Herren hadde sagt at han ville gjera israelittane talrike som stjernene på himmelen. Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje. Difor kom Guds vreide over Israel, og talet vart ikkje oppskrive i årbøkene åt kong David. Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn. Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda. Sjimi frå Rama såg til med vingardane og Sabdi frå Sjefam med vinlagera i vingardane. Ba’al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oliventrea og morbærtrea i Sjefela og Joasj med oljelagera. Sjitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, med storfeet i dalane, Obil frå Ismael med kamelane, Jekdeja frå Meronot med esla og Jasis, hagritten, med småfeet. Alle desse var tilsynsmenn over eigedomen åt kong David. Jonatan, farbror til David, var rådgjevar. Han var ein klok og skriftlærd mann. Jehiel, son til Hakmoni, fylgde alltid kongssønene. Akitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husjai av Arak-ætta var venen hans. Etter Akitofel kom Jojada, son til Benaja, og Ebjatar. Joab var hærføraren åt kongen. Så samla David alle Israels hovdingar i Jerusalem, ættehovdingane, førarane for dei hærflokkane som var i teneste hjå kongen, tusenmannsførarane og hundremannsførarane, dei stormennene som hadde tilsyn med all eigedomen og buskapen åt kongen og sønene hans, og like eins hoffmennene, kjempene og alle dei andre gjæve mennene. Og kong David reiste seg frå høgsetet sitt og sa: Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Eg hadde tenkt å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen åt vår Gud. Og eg tok til å førebu bygginga. Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har rent ut blod.» Herren, Israels Gud, har av heile farshuset mitt valt meg til å vera konge over Israel for alltid. For det var Juda han hadde kåra til å vera den leiande ætta, og innanfor Juda farshuset mitt. Og mellom sønene åt far min heldt han meg gjævast og gjorde meg til konge over heile Israel. Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo til å sitja på Herrens kongsstol og råda over Israel. Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera son min, og eg skal vera far for han. Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han trufast held seg etter boda og lovene mine, som han gjer det i dag.» No står eg her som heile Israel, Herrens lyd, ser meg, og vår Gud høyrer meg, og eg seier: Hald alle boda som Herren dykkar Gud har gjeve dykk, og granska dei vel! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid. Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna Gud åt far din, og ten han av eit heilt hjarta og ein viljug hug! For Herren ransakar kvart hjarta og kjenner kvar tanke som stig opp i det. Dersom du søkjer Herren, lagar han det så at du finn han. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid. Ta deg i vare! For Herren har valt deg ut til å byggja hans hus og heilagdom. Ver modig og gå til verket! Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhalla og tempelbygningane, av skattkammera, loftsroma, dei indre kammera og romet for soningsstaden, og ei teikning av alt det han elles hadde i tankar: føregardane til Herrens hus og alle sideroma rundt ikring. Der skulle tempelskattane og dei heilage gåvene liggja, og der skulle preste- og levittskifta halda til. I desse roma skulle dei gjera alt arbeid som trongst for tenesta i Herrens hus, og setja inn alle kara som vart nytta i gudstenesta. David gav opp vekta på gullet til dei gullkara som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste, og like eins vekta på sølvet til alle sølvkara. Han gav òg opp vekta på gull-ljosestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og på sølvljosestakane med lampene som høyrde til, i samsvar med det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta, like eins vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda, vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på gullstaupa og sølvstaupa, kvart staup for seg, og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, det vil seia gullkjerubane som held vengene utbreidde, og vernar Herrens paktkiste. Alt dette stod i eit skrift frå Herrens eiga hand, og der gjorde han det klårt for David korleis alt skulle lagast etter teikninga. Så sa David til Salomo, son sin: Ver modig og sterk, og gå til verket! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus. Sjå, her er preste- og levittskifta, som skal stå for tenesta i Guds hus. Og det er folk hjå deg som har både vilje og evne til å gjera allslags arbeid. Dessutan er hovdingane og heile folket budde til å gjera alt det du seier. Sidan sa kong David til alle som hadde samla seg der: «Salomo, son min, den einaste som Gud har valt ut, er ung og veik, og arbeidet er stort. For dette staselege byggverket skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud. Så har eg etter beste evne drege i hop vyrke til huset åt min Gud: gull til det som skal vera av gull, sølv til det som skal vera av sølv, bronse til det som skal vera av bronse, jern til det som skal vera av jern, og tre til det som skal vera av tre. Og eg har samla karneol og steinar til innfelling, turkis og mosaikksteinar, allslags dyre steinar, og marmorheller i mengd. Og av di Guds hus er meg så kjært, vil eg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til bygningen, forutan alt det eg har samla til det heilage huset, tre tusen talentar gull, gull frå Ofir, og sju tusen talentar reinsa sølv til å kle veggene i templet med. Så vert det gull og sølv til det som skal vera av gull og sølv, til alt arbeid som skal gjerast av kunstnarhand. Kven er no viljug til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren i dag?» Då kom dei viljug med gåver, både hovdingane for ættgreinene og Israels ættehovdingar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og dei som hadde tilsyn med det arbeidet som vart gjort for kongen. Fem tusen talentar og ti tusen dareikar gull, ti tusen talentar sølv, atten tusen talentar bronse og hundre tusen talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus. Og dei som åtte dyre steinar, gav dei til skatten i Herrens hus, som Jehiel av Gersjon-ætta hadde tilsyn med. Folket gledde seg over at alle gav så viljug. For med heil hug og av fri vilje kom dei til Herren med gåvene sine. Kong David òg var storglad for det. Og David lova Herren framfor alle som var samla, og sa: «Lova vere du, Herre, du Gud åt Israel, far vår, frå æve til æve! Deg, Herre, høyrer stordomen til og makta, æra, høgda og herlegdomen, ja, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd over alt og har alt i di makt. Rikdom og ære kjem frå deg, og du rår over alle ting. I di hand er kraft og styrke, og du har makt til å gjera alt stort og sterkt. Så takkar vi deg no, vår Gud, og prisar ditt herlege namn. For kven er vel eg, og kva er folket mitt, at vi skulle makta å gje så rause gåver? Nei, alt kjem frå deg; og det vi gjev deg, har vi fått frå deg. Framfor ditt åsyn er vi framande og gjester, liksom alle fedrane våre. Som ein skugge er dagane våre på jorda og utan von. Herre, vår Gud! All denne rikdomen som vi har samla, så vi kunne byggja eit hus for ditt heilage namn, den kjem frå deg, og alt er ditt. Eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og har hugnad i ein ærleg hug. Av ærleg hjarta og fri vilje har eg gjeve deg alt dette. Og med glede har eg no sett korleis folket ditt, som her er til stades, viljug kjem til deg med gåvene sine. Herre, du Gud åt Abraham, Isak og Israel, fedrane våre! Lat det alltid røra seg slike tankar i folket ditt, og vend hjarta deira til deg! Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta, så han held seg etter boda og lovene og føresegnene dine, fullfører verket og reiser det staselege byggverket som eg har samla tilfang til.» Sidan sa David til alle som var samla: «Lova Herren dykkar Gud!» Og heile møtelyden lova Herren, sin fedregud. Dei la seg på kne og bøygde seg til jorda for Herren og for kongen. Morgonen etter bar dei fram slaktoffer for Herren og ofra brennoffer til han: tusen oksar, tusen verar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrde til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel. Den dagen åt og drakk dei for Herrens åsyn med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest. Så vart Salomo konge etter David, far sin, og sette seg på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han. Alle hovdingane og kjempene og like eins alle sønene til kong David hylla kong Salomo. Heile Israel såg korleis Herren gjorde Salomo stor og mektig og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel før han hadde hatt. David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel. Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han. Det som er å fortelja om kong David, frå fyrst til sist, det står skrive i årboka åt sjåaren Samuel, i årboka åt profeten Natan og i årboka åt sjåaren Gad. Der er det òg fortalt om heile hans styre og alle hans storverk og om det som i hans tid kom over han og Israel og alle andre land og rike. Salomo, son til David, styrkte kongedømet sitt. Herren hans Gud var med han og gjorde han stor og mektig. Salomo stemnde til seg heile Israel: førarane for flokkar på tusen og hundre, domarane og alle stormennene i heile Israel, hovdingane over ættene, og drog så med heile møtelyden til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds møtetelt, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i øydemarka. Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til åt henne. For han hadde reist eit telt åt henne i Jerusalem. Men bronsealtaret som Besalel, son til Uri Hursson, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og dei som han hadde kalla saman. Og der, på bronsealtaret som høyrde møteteltet til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det. Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Sei kva du vil eg skal gje deg!» Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han. Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda. Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?» Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over, så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få.» Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå møteteltet og heim til Jerusalem. Og han tok styret over Israel. Salomo fekk seg mange vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem. Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling. Kvar vogn som dei førte heim frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane. Salomo tenkte no på å byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv. Han tok ut sytti tusen mann til berarar, åtti tusen mann til å hogga stein i fjellet og tre tusen seks hundre til å ha tilsyn med arbeidsfolket. Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyrus, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre, så han kunne byggja seg eit hus til å bu i. No vil eg byggja eit hus for Herren min Gud og vigsla det til han, så vi kan brenna velluktande røykjelse for hans åsyn, dagleg leggja fram skodebrød og ofra brennoffer morgon og kveld på sabbatane, nymånedagane og høgtidene åt Herren vår Gud – det kviler for alle tider på Israel. Og det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar. Men kven maktar vel byggja eit hus for han? Himmelen, den høge himmel, rømer han ikkje. Kven er då eg? Kan eg byggja eit hus åt han? Det måtte vera til å bera fram offer i. Så send meg då ein dugande handverkar som kan arbeida i gull og sølv, i bronse og jern, i purpurraud, karmosinraud og fiolett ull, ein som skjønar seg på treskjering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, sette til dette. Og send meg sedertre, sypress- og sandeltre frå Libanon! For eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre på Libanon; og mine folk skal arbeida saman med dine, så eg kan få mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal vera stort og staseleg. Til livssopphald for mennene dine, tømmerhoggarane som feller trea, gjev eg tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.» Hiram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Det må vera fordi Herren har folket sitt kjært, at han har sett deg til konge over det.» Og Hiram skreiv vidare: «Lova vere Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda, fordi han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og skjøn at han kan byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv. No sender eg deg ein klok og kunnig mann, ein meister som er i mi teneste. Han er son til ei kvinne av Dans-ætta, og far hans er frå Tyrus. Han skjønar seg på arbeid i gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, i purpurraud og fiolett ull, lin og karmosinraud ull. Han kan òg skjera ut i tre og tenkja ut og laga alle dei kunstverk du set han til å gjera, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt David, far din, herren min. No kan du, herre, senda tenarane dine kveiten og bygget, oljen og vinen som du har tala om. Så skal vi hogga tømmer på Libanon, så mykje som du treng, og føra det i flåtar på sjøen til Jaffa. Sidan kan du sjølv syta for å få det opp til Jerusalem.» Så tok Salomo tal på alle innflyttarane som budde i Israel – det var etter den teljinga som David, far hans, hadde halde. Då synte det seg at det var 153 600 mann. Av dei tok han 70 000 til berarar, 80 000 til steinhoggarar i fjellet og 3 600 til formenn; dei skulle sjå etter at folka gjorde arbeidet sitt. Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet. Det var der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde samla vyrke, på treskjevollen til jebusitten Ornan. Det var i den andre månaden i det fjerde året av kongedømet sitt han tok til med bygginga. Såleis var grunnvollen Salomo la då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner etter gamalt mål og breidda tjue alner. Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og tjue alner høg. Innvendes kledde han henne med reint gull. Sjølve tempelromet kledde han med sypressbord og la det med ekte gull og sette palmer og kjeder på det. Han prydde romet med dyre steinar, og gullet han bruka, var kome frå Parvajim. Heile romet, både bjelkane, dørstokkane, veggene og dørene kledde han med gull, og på veggene skar han ut kjerubar. Så laga han det høgheilage romet. Det var tjue alner langt, så lengda på det svara til breidda på huset, og tjue alner breitt. Og han la det med ekte gull, som vog seks hundre talentar. Naglane var av gull og vog femti sekel. Loftsroma la han òg med gull. I det høgheilage romet laga han to støypte kjerubar og kledde dei med gull. Vengene åt kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den andre kjeruben. Og den andre kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den fyrste kjeruben. Såleis mælte vengene åt desse kjerubane i si fulle lengd tjue alner. Sjølve stod dei oppreiste og snudde andletet mot tempelromet. Så laga han forhenget av fiolett, karmosinraud og purpurraud ull og av lin, og han sette kjerubar på det. Framfor templet laga han to søyler; dei var til saman trettifem alner lange, og søylehovudet var fem alner høgt. Han laga kjeder som han sette øvst på søylene; og til kjedene feste han hundre granateple som han hadde laga. Sidan reiste han søylene framfor templet, ei på høgre og ei på venstre sida. Den til høgre kalla han Jakin og den til venstre Boas. Så laga Salomo eit altar av bronse. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt. Sidan laga han det støypte havet. Det mælte ti alner frå kant til kant og var heilt rundt. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det. Nedanfor kanten var det bilete av oksar rundt ikring. Dei gjekk rundt heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, og dei var støypte i eitt med havet. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei. Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, på skap som ein lotusblom. Det tok tre tusen bat. Så laga han ti kjelar og sette fem på høgre og fem på venstre sida. I dei skulle dei skylja det som høyrde brennoffera til. Men prestane skulle vaska seg i havet. Salomo fekk òg laga ti ljosestakar av gull, så som dei skulle vera. Dei sette han i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida. Han laga ti bord som han sette i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida; og han laga hundre offerskåler av gull. Så bygde han føregarden for prestar og den store tempelgarden med dører til, og dørene kledde han med bronse. Havet sette han på sørsida av templet, ved det sør-austre hjørnet. Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Guds hus: to søyler, to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å leggja over dei to skålene; dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å leggja over dei to skålene på søylehovuda; dei ti fotstykka med dei ti kjelane på; havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under; oskefata, eldskuflene og kjøtgaflane. Alt dette som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan. Salomo laga ei stor mengd med slike ting. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på; ljosestakane med lamper som skulle kveikjast på føreskriven måte – dei stod framfor det inste romet og var av fint gull; blomane, lampene og ljosesaksene av gull, ja, av reint gull; knivane, offerskålene, kannene og glopannene, alt av fint gull. Og i inngangane til huset var både dei dørene som førte inn til det høgheilage romet, og dei som førte inn til det heilage romet, av gull. No var det fullført, alt arbeidet som Salomo hadde late gjera på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigt til Herren, både sølvet og gullet og alle kara. Han la det inn i skattkammera i Guds hus. Så kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion. Og alle menn i Israel samla seg hjå kongen på høgtida i den sjuande månaden. Då alle dei eldste i Israel var komne, tok levittane paktkista og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var levittprestane som bar dei. Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå han. Og dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei. Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane. Og kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene. Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag. I kista fanst det ikkje anna enn dei to tavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt. Så gjekk prestane ut or heilagdomen. Alle prestane som var der, hadde helga seg, kva skift dei så tilhøyrde. Og alle levittsongarane, både Asaf, Heman og Jedutun og sønene og brørne deira stod der på austsida av altaret, kledde i lin, med cymblar, harper og lyrer, og i lag med dei hundre og tjue prestar som bles i trompetar. Med eitt sette trompetblåsarane og songarane i, alle som ein, og lova og prisa Herren. Til lyden av trompetar, cymblar og andre musikkinstrument lova dei Herren fordi han er god, og hans miskunn varer til evig tid. Då vart templet, Herrens hus, fylt av ei sky. Og prestane kunne ikkje stå og gjera teneste for skya skuld; for Herrens herlegdom fylte templet. Då sa Salomo: Herren har sagt at han vil bu i skoddemørkret. No har eg bygt deg ein bustad, ein stad der du kan bu ¬til evig tid. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan dei alle stod. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som har gjort det han lova David, far min, då han sa: «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Heller ikkje har eg valt ut nokon mann til å vere fyrste over Israel, folket mitt. Men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.» Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud. Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det. Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.» No har Herren oppfylt det ordet han tala. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud. Der har eg sett den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med israelittane. Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut hendene. Han hadde laga ein bronsetram, som var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg, og sett han midt i tempelgarden. På den stod han no. Så la han seg på kne framfor heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn vara ved, når dei av heile sitt hjarta ferdast for ditt åsyn. Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag. Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg etter mi lov, liksom du har gjort.» Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, tenaren din! Men er det så at Gud bur hjå menneska på jorda? Sjå, himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt! Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg! Vak over dette huset dag og natt, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden. Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev! Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Gjev den skuldige lika for det han har gjort, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd! Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset, då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav dei og fedrane deira. Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei, då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige. Når det vert uår og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fiendar kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket, og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner, fordi dei, kvar og ein, kjenner seg tyngde av naud og sorg, og breier ut hendene sine mot dette huset, då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta. Så skal dei ottast deg og ferdast på dine vegar så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre. Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte fordi dei har høyrt om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset, så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot denne byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett. Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei bort til eit anna land, anten det er langt borte eller tett ved. Men så går dei i seg sjølve i det landet dei vart bortførte til, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.» Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i det landet der dei er fangar, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, då må du i himmelen, der du bur, høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt at dei har synda mot deg! Så lat då, min Gud, augo dine vera opne og øyro dine vende til den bøna som stig opp frå denne staden. Reis deg no, Herre Gud, og kom til den stad der du slår deg til ro, du og ditt veldes kiste. Prestane dine, Herre Gud, skal vera kledde i frelse, og dei som held di pakt, skal gleda seg ¬over dine gode gåver. Herre Gud, vis ikkje frå deg ¬den du har salva, kom i hug di miskunn ¬mot David, tenaren din! Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen og øydde brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset. Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus fordi det var fylt av Herrens herlegdom. Då alle israelittane såg at elden fór ned, og at Herrens herlegdom kom over huset, kasta dei seg ned med andletet mot steingolvet og tilbad og lova Herren, fordi han er god og hans miskunn varer til evig tid. Så ofra kongen og alt folket slaktoffer til Herren. Det offeret som Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis var det kongen og alt folket vigsla Guds hus. Imedan stod prestane på postane sine, og levittane spela på dei instrumenta som kong David hadde fått laga til å prisa Herren med: «For hans miskunn varer til evig tid.» For David hadde sett dei til å føra fram lovsongen. Og prestane stod midt imot dei og bles i trompetar, medan heile Israel stod ikring. Så vigsla Salomo midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje røma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka. I sju dagar heldt Salomo høgtid den gongen, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. Altarvigsla hadde dei høgtida i sju dagar og lauvhyttehelga i sju dagar. Den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét han folket fara heim att, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt. No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongsgarden. Og alt det han hadde sett seg føre å gjera i Herrens hus og i sitt eige hus, hadde han ført vel til ende. Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di og valt meg ut denne staden til offerstad. Det kan nok henda at eg stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, eller byd grashopper snøya landet eller sender pest mellom folket mitt. Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, gjer seg lite og mjukt og bed, søkjer meg og vender om frå si vonde ferd, så vil eg høyra det i himmelen, tilgje synda deira og bøta brestene i landet. No skal eg ikkje lata att augo, men lyda til kvar bøn som stig opp frå denne staden. Eg har valt ut dette huset og helga det, så namnet mitt skal bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det. Ferdast du no for mitt åsyn, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du føresegnene og boda mine, så skal eg tryggja kongsstolen din, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å råda over Israel.» Men vender de dykk bort og vanvørder dei føresegner og bod som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei, då vil eg rykkja dykk opp or det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn og gjera det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. Alle som fer framom dette huset, som var så ruvande, skal verta forfærde. Og når nokon spør kvifor Herren har fare så med dette landet og dette huset, skal folk svara: «Fordi dei vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, han som førte dei ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har han ført all denne ulukka over dei.» Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og sitt eige hus, bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittane busetja seg der. Så drog han til Hamat-Soba og tok byen. Han bygde opp Tadmor i øydemarka og alle byane med lagerhus som han grunnla i Hamat. Like eins bygde han opp Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon og gjorde dei til festningsbyar med murar, portar og bommar. Elles bygde Salomo Ba’alat og alle byane der han hadde lagerhus, og alle dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over. Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til, etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde rudt dei ut, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket. Arbeidsformennene åt kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket. Salomo lét dotter til farao flytta frå Davids-byen opp til det huset han hadde bygt åt henne. Han sa: «Det må ikkje bu ei kvinne i huset åt David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.» Den gongen bar Salomo fram brennoffer for Herren på det altaret han hadde bygt åt han framfor forhalla. Kvar dag bar han fram dei offera som Moses hadde påbode, på sabbatane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga. Etter den føresegn som David, far hans, hadde gjeve, sette han prestane til å gjera teneste i skift, levittane til å ta seg av si oppgåve, å styra lovsongen og hjelpa prestane etter som det trongst for kvar dag, og dørvaktarane til å stå ved portane kvar sin gong. For så hadde David, gudsmannen, skipa det. Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode om prestane og levittane; så var det òg når det galdt skattkammera. Så var då heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig, heile templet. På den tid fór Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg i Edom, nedmed havet. Hiram sende nokre av mennene sine til han med skip og sjøvane folk. Saman med mennene åt Salomo fór dei til Ofir; der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei hadde med seg heim til kong Salomo. Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, og med kamelar som bar krydder, ei mengd gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar. No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt, rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, og skjenkjarsveinane og kleda deira, og troppa som førte opp til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din! Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din! Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.» Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo. Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå. Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før. Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det ho fekk fordi ho hadde hatt med seg gåver til kongen. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. Til det kom avgiftene frå kjøpmenn og handelsmenn som førte inn varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. Kongsstolen hadde seks troppesteg og ein fotskammel av gull, som var fastgjord til han. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver. På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar. Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda. Frå alle verdsens kantar kom det kongar og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr. Salomo hadde fire tusen stallrom for hestar og stridsvogner og tolv tusen hestfolk. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem. Han rådde over alle kongane frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå alle andre land. Det som elles er å seia om Salomo, frå fyrst til sist, det står skrive i boka åt profeten Natan, i profetiane åt Akia frå Sjilo og i synene åt sjåaren Iddo om Jeroboam Nebatsson. I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel. Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge etter han. Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge. Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var då i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo; men no kom han heim att derifrå. Dei sende bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel til Rehabeam og sa: «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.» Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg. Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?» Dei sa: «Syner du deg venleg mot dette folket, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.» Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.» Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min. Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.» Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!» Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han, men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.» Kongen høyrde ikkje på folket. Gud laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo. Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret: «Kva del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, ¬for ditt eige hus!» Så fór alle israelittane heim att. Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem. Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna riket att for Rehabeam. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så: «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til alle israelittane i Juda og Benjamin: Så seier Herren: De skal ikkje dra opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde om og gjekk ikkje mot Jeroboam. Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda om til festningsbyar. Såleis bygde han Betlehem, Etam, Tekoa, Bet-Sur, Soko, Adullam, Gat, Maresja, Sif, Adorajim, Lakisj, Aseka, Sora, Ajjalon og Hebron. Alle desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin. Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar i dei og samla rikeleg med mat, olje og vin der. I kvar by hadde han skjold og spyd. På den måten gjorde han dei svært sterke, så han kunne halda fast på Juda og Benjamin. Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle bygdene sine og gav seg under Rehabeam. Levittane drog bort frå jordene og eigedomane sine og flytte til Juda og Jerusalem, fordi Jeroboam og sønene hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren. Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga. Og med prestane og levittane fylgde det or alle Israels-ættene folk som la vinn på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og ville ofra til Herren, sine fedrars Gud. Dei styrkte kongedømet i Juda og trygde riket for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For så lenge fylgde dei i Davids og Salomos fotefar. Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot Davidsson og Abihajil, dotter til Eliab Isaison. Med henne fekk han sønene Je’usj, Sjemarja og Saham. Sidan tok han Ma’aka Absalomsdotter til kone. Med henne fekk han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit. Rehabeam heldt meir av Ma’aka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og fylgjekonene sine. For han hadde teke seg atten koner og seksti fylgjekoner og fekk tjueåtte søner og seksti døtrer. Rehabeam sette Abia, son til Ma’aka, til hovding og førar mellom brørne; for han var meint på å gjera han til konge. Men samstundes var han så klok at han lét alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han sytte for at dei hadde flust med mat og lét dei få mange koner. Då Rehabeam hadde kongedømet fast i si hand, og han sjølv var sterk vorten, vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med han. Så hende det i femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem; for folket der hadde svike Herren. Han kom med tolv hundre stridsvogner og seksti tusen hestfolk og ein tallaus hop som fylgde han frå Egypt: libyarar, sukkittar og nubiarar. Han tok festningsbyane i Juda og kom heilt til Jerusalem. Då kom profeten Sjemaja til Rehabeam og stormennene i Juda som hadde samla seg i Jerusalem fordi dei var redde Sjisjak. Og han sa til dei: «Så seier Herren: De har vendt dykk frå meg. Difor vender eg meg frå dykk og gjev dykk i Sjisjaks hand.» Då gjorde dei seg mjuke, både stormennene i Israel og kongen, og sa: «Herren er rettferdig.» Og då Herren såg at dei hadde gjort seg mjuke, kom Herrens ord til Sjemaja, og det lydde så: «Sidan dei har gjort seg mjuke, vil eg ikkje tyna dei; eg lèt dei så vidt sleppa unna. Harmen min skal ikkje ausast ut over Jerusalem gjennom Sjisjak. Men dei skal verta tenarane hans, og då skal dei få kjenna kor stor skilnad det er på å tena meg og å tena kongane i andre land.» Så drog Sjisjak, egyptarkongen, mot Jerusalem. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han gullskjolda som Salomo hadde fått laga. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt ved slottsporten, til å ta vare på dei. Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, kom vaktene og bar desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet. Fordi Rehabeam gjorde seg mjuk, vende Herrens vreide seg frå han. Han ville ikkje heilt gjera ende på han. Det fanst då endå noko godt i Juda. Så sat Rehabeam atter trygg i Jerusalem og styrte riket sitt. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og sytten år styrte han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon. Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje vinn på å søkja Herren. Det som er å fortelja om Rehabeam, frå fyrst til sist, det står skrive i bøkene åt profeten Sjemaja og sjåaren Iddo, saman med ættelista hans. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida. Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Abia, son hans, vart konge etter han. I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge i Juda. Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det ufred. Abia byrja krigen med ein hær av djerve stridsmenn, fire hundre tusen utvalde krigarar. Men Jeroboam fylka mot han ein hær på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve stridsmenn dei òg. Abia gjekk opp på Semarajim-fjellet, som ligg i Efraim. Han steig fram og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel! De veit då at Herren, Israels Gud, gav David og etterkomarane hans kongedømet i Israel til evig tid, og det stadfeste han med ei pakt som vart vigsla med salt. Men Jeroboam Nebatsson, som tente Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin. Det samla seg om han ein flokk lause karar og ringe menn. Dei fekk makta over Rehabeam, son til Salomo. Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå seg mot dei. Og no tenkjer de at de kan stå dykk mot Herrens kongedøme, som Davids-sønene har i si hand. De er då ein stor hop og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk. Har de ikkje jaga bort Herrens prestar, Arons-sønene, og levittane og sett inn eigne prestar liksom folka i andre land? Kvar den som kjem med ein ung okse og sju verar og vil få prestevigsle, han vert prest for desse gudane, som ikkje er gudar. Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje gått bort frå han. Dei prestane som gjer teneste for Herren, er etterkomarar etter Aron, og levittane greier arbeidet sitt. Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer og velluktande røykjelse for Herren og legg fram skodebrød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-ljosestaken. For vi held oss etter det som Herren vår Gud har fastsett; men de har gått bort frå han. Sjå, Gud er med oss, og han er føraren vår. Vi har prestane hans mellom oss, og dei skal blåsa i trompetar når vi går til strid mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For det skal ikkje lukkast for dykk. Imedan hadde Jeroboam late ein flokk gå utanom judearane og koma bak dei, såleis at dei hadde hæren framføre seg og denne flokken i ryggen. Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei hadde fiendar både framfor og bak seg, ropa dei til Herren. Prestane bles i trompetane, og mennene sette i eit høgt rop. Som no hærropet frå Juda-mennene ljoma, laga Gud det så at Jeroboam og heile Israels-hæren tapte for Abia og Juda-hæren. Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei i deira vald. Abia og folket hans hogg ned ei mengd med israelittar. Av dei utvalde mennene deira låg fem hundre tusen drepne på slagmarka. Såleis vart israelittane kua den gongen. Juda-mennene vann, fordi dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud. Abia sette etter Jeroboam og tok frå han byane Betel, Jesjana og Efron, alle med småbyane som høyrde til. Jeroboam kom ikkje til makt meir så lenge Abia levde. Og Herren slo han, så han døydde. Men Abia fekk stort velde. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer. Det som elles er å seia om Abia, om det han gjorde og sa, det står skrive i sogeboka åt profeten Iddo. Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet fred i ti år. Asa gjorde det som godt og rett var i augo åt Herren hans Gud. Han fekk bort altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Han sa til folket i Juda at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda. I alle Juda-byane fekk han bort offerhaugane og røykjelsesaltara. Og riket hadde fred så lenge han styrte. Asa bygde festningsbyar i Juda; for landet hadde fred. Ingen gjekk til strid mot han i dei åra; for Herren laga det så at han fekk ro. Asa sa til folket i Juda: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar ikring dei, med tårn og portar og bommar. Enno rår vi fritt over landet, fordi vi har søkt Herren vår Gud. Vi har søkt han, og han har late oss få ro på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt. Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Dei var alle djerve stridsmenn. Ein gong drog Serah frå Nubia ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja, drog Asa ut mot han. Dei fylka seg til strid i dalen nord for Maresja. Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, for deg kjem det ut på eitt om den du vil hjelpa, er mektig eller maktlaus. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For det er deg vi set vår lit til, og i ditt namn har vi gått mot denne store hopen. Herre, du er vår Gud. Syn at ikkje eit menneske kan stå seg mot deg!» Då laga Herren det så at nubiarane tapte for Asa og judearane og laut røma. Asa og folket som var med han, forfylgde dei heilt til Gerar, og nubiarane fall til siste mann. Dei vart knuste der Herren og hans hær fór fram, og judearane tok med seg eit uhorveleg hærfang. Dei tok alle byane kring Gerar; for ei redsle frå Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane; for der var det mykje å ta. Dei slo òg i hel nokre menn som dreiv med feal, og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så fór dei heim att til Jerusalem. Guds Ande kom over Asarja, son til Oded. Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og alle de frå Juda og Benjamin! Herren er med dykk så sant de held dykk til han. Og søkjer de han, lagar han det så at de finn han. Men vender de dykk bort frå han, vender han seg bort frå dykk. I lang tid hadde Israel ingen sann Gud, ingen prest som lærte dei, og inga lov. Men når dei kom i naud, vende dei om til Herren, Israels Gud, og søkte han, og då laga han det så at dei fann han. I dei dagar kunne ingen ferdast trygt, korkje ute eller heime; for det var stor uro mellom folk i alle land. Folk støytte mot folk og by mot by; for Gud skapte uro mellom dei med allslags trengsler. Men ver ved godt mot, og lat ikkje hendene siga! De skal nok få løn for det de gjer.» Då Asa høyrde desse orda og den spådomen som Asarja, son til Oded, bar fram, fekk han nytt mot og sytte for å få bort dei ufyselege gudebileta i heile Juda og Benjamin og i dei byane han hadde teke i Efraims-fjella. Og han sette i stand Herrens altar som stod framfor forhalla i templet. Så kalla han saman alt folket i Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simeon som budde mellom dei. For mange israelittar hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han. I det femtande styringsåret åt Asa, i den tredje månaden, samla folket seg i Jerusalem. Same dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det hærfanget dei var komne heim med. Og dei gjorde den avtalen at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarta og heile sin hug, og at alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, både små og store, menn og kvinner. Dei svor Herren truskap med høg røyst og med fagnadrop medan trompetar og horn ljoma. Og heile Juda-folket gledde seg over denne eiden; for dei hadde svore han av heile sitt hjarta og søkt Herren med all sin vilje. Difor laga han det så at dei fann han, og han gav dei ro på alle kantar. Kong Asa tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned, knuste det og brende det i Kedron-dalen. Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og andre ting. Det var ingen ufred før i det trettifemte styringsåret åt Asa. I det trettisjette styringsåret åt Asa gjorde Basja, Israels-kongen, ei hærferd mot Juda. Han bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda. Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han sende det til Benhadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda: «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, Israels-kongen, så han må fara bort frå meg.» Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan og Abel-Majim og alle lagerhusa i Naftali-byane. Då Basja fekk melding om dette, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han la ned det arbeidet. Men kong Asa tok heile Juda-folket med seg, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa. Ved det leitet kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, difor har hæren åt aramearkongen sloppe ut or hendene dine. Hadde ikkje nubiarane og libyarane òg ein stor hær med stridsvogner og hestfolk i mengd? Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei i ditt vald. For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.» Då vart Asa harm på sjåaren og sette han i fengsel; så arg var han på han for dette. På same tid fór han hardt fram mot andre av folket. Det som er å seia om Asa, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om kongane i Juda og Israel. I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre lækjarane. Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han døydde i det førtifyrste styringsåret sitt. Dei sette han ned i hans eige gravrom, som han hadde late hogga ut åt seg i Davids-byen. Der la dei han på ei lege fylt med velluktande urter og ymse salvar som var blanda. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han. Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han freista å styrkja makta si mot Israel. Han la hærflokkar i alle festningsbyane i Juda og sette vaktpostar både i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim. Herren var med Josjafat, fordi han ferdast på dei vegane som David, ættefar hans, hadde fylgt i si fyrste tid. Han søkte ikkje råd hjå Ba’al-gudane, men hjå Gud åt far sin. Han heldt seg etter boda hans og fór ikkje åt som dei gjorde i Israel. Difor trygde Herren kongsmakta for Josjafat, og heile Juda kom til han med gåver, så han fekk stor rikdom og ære. Og medan han gjekk på Herrens vegar, auka motet hans, og han sytte for å få bort offerhaugane og Asjera-pålane i Juda. I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av hovdingane sine ut for å læra folket i Juda-byane; det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja. Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja og så prestane Elisjama og Joram. Når dei lærte i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Såleis fór dei ikring i alle Juda-byane og lærte folket. Då kom det ei redsle frå Herren over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje torde gå til strid mot Josjafat. Nokre av filistarane kom til Josjafat med gåver og med sølv som dei gav i skatt. Arabarane òg kom til han og hadde med seg småfe, sju tusen sju hundre verar og sju tusen sju hundre bukkar. Såleis fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og opplagsbyar i Juda. Han hadde store lager i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem. Her er ei liste over dei, ætt for ætt: Juda hadde desse tusenmannsførarane: Adna, som var førar for tre hundre tusen djerve krigarar; jamsides han Johanan, som var førar for to hundre og åtti tusen; og jamsides han Amasja, son til Sikri, som av fri vilje hadde gått i Herrens teneste med to hundre tusen djerve krigarar. Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, med to hundre tusen mann som var væpna med boge og skjold, og jamsides han Josabad med hundre og åtti tusen stridsbudde menn. Dette var dei mennene som gjorde teneste hjå kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane rundt ikring i heile Juda. Endå Josjafat hadde vunne så stor rikdom og ære, lét han son sin gifta seg med dotter til Akab. Nokre år etter fór han ned til Akab i Samaria. Akab slakta ei mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og eggja han til å fara i hærferd mot Ramot i Gilead. «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» sa Akab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk; vi går med deg i krigen.» Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør fyrst Herren til råds!» Då kalla Akab saman profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Gud vil gje byen i hendene dine, konge.» Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!» Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!» Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine. Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.» Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.» Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!» Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier til meg, det må eg tala.» Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far de, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hand.» Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?» Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!» Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?» Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida. Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, Israels-kongen, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?» Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.» Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!» Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!» Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead. Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden. No hadde aramearkongen sagt frå til hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.» Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det er Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop, og Herren hjelpte han. Gud fekk dei til å venda seg bort frå han. Straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.» Striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen heldt seg oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane heilt til kvelds. Men då sola gladde, døydde han. Josjafat, Juda-kongen, fór uskadd heim att til Jerusalem. Då kom sjåaren Jehu, son til Hanani, ut mot han og sa: «Skal du hjelpa den gudlause og halda av dei som hatar Herren? For dette kviler Herrens vreide over deg. Men noko godt finst det hjå deg. Du har rudt ut Asjera-pålane or landet og lagt vinn på å søkja Gud.» Josjafat drygde no ei tid i Jerusalem. Men sidan fór han atter ikring mellom folket, frå Be’er-Sjeba til Efraims-fjella, og førte dei attende til Herren, deira fedrars Gud. Han sette inn domarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by. Og han sa til domarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømer, men for Herren. Og han er hjå dykk når de feller dom. Så lat då otte for Herren vera over dykk! Ver varsame i all dykkar ferd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.» I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av Israels ættehovdingar til å ta seg av Herrens lov og til å døma i saker mellom folket i Jerusalem. Han gav dei dette påbodet: «Så skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta: Kvar gong frendane dykkar, kva by dei så bur i, legg fram for dykk ei sak – anten det er ei drapssak, eller det gjeld spørsmål om lov og bod, føresegner og rettsreglar, då skal de åtvara dei, så dei ikkje syndar mot Herren, og hans vreide kjem over både dykk og frendane dykkar. Dette må de gjera; elles fører de skuld over dykk. Øvstepresten Amarja skal ha leiinga i alle saker som høyrer inn under Herren, og Sebadja Ismaelsson, fyrsten for Juda-ætta, i alle saker som høyrer inn under kongen. Og levittane skal vera tilsynsmenn under dykk. Gå heilhuga til verket! Herren vere med den som gjer det som godt er!» Då det leid av ei tid, hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del meunittar gjorde ei hærferd mot Josjafat. Folk kom til han med melding om dette og sa: «Det kjem ein stor hær mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi. Då vart Josjafat redd. Han vende seg til Herren og spurde han til råds, og lyste så ut ei faste over heile Juda. Judearane samla seg og ville søkja hjelp hjå Herren. Frå alle Juda-byane kom dei og ville spørja Herren til råds. Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden, og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg. Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid? Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa: « Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.» Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei. Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige. Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg. Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med. Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene. Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds. Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka. Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.» Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han. Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst. Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!» Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!» Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se’ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne. Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre. Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna. Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget. Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag. Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane. Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus. Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar. Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar. Så rådde no Josjafat i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki. Josjafat heldt fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt, og veik ikkje av frå den. Han gjorde det som rett var i Herrens augo. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hugen til sine fedrars Gud. Det som elles er å seia om Josjafat, frå fyrst til sist, det står skrive i eit skrift av Jehu, son til Hanani, som er innteke i boka om Israels-kongane. Sidan gjorde Josjafat, Judakongen, ein avtale med Akasja, Israels-kongen, han som bar seg så gudlaust åt. Han vart samd med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis; og dei bygde nokre skip i Esjon-Geber. Då tala Elieser Dodavason frå Maresja eit profetord mot Josjafat. Han sa: «Fordi du har gjort avtale med Akasja, skal Herren la tiltaket ditt mislukkast.» Og nokre av skipa forliste, så dei ikkje kunne gå til Tarsis. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i Davids-byen, og Joram, son hans, vart konge etter han. Joram hadde nokre brør. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel. Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og dyre eigneluter og attåt det festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram; for han var den eldste. Då Joram hadde stige opp på kongsstolen etter far sin og hadde trygt makta si, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av stormennene i Israel. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Han fylgde den same vegen som Israels-kongane og bar seg like eins åt som Akabs-ætta. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Men Herren ville ikkje rydja ut Davids-ætta, fordi han hadde gjort pakt med David og lova at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans. I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge. Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Likevel kom edomittane seg laus frå Juda og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus frå Joram, fordi han hadde vendt seg frå Herren, sine fedrars Gud. Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, fekk folket i Jerusalem til å driva avgudsdyrking og førte judearane bort frå den rette vegen. Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud åt David, far din: Fordi du ikkje har fare fram som Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen, men har fylgt den same vegen som Israels-kongane og fått Juda-folket og Jerusalems-buane til å driva avgudsdyrking, på same vis som Akabs-ætta gjorde det, og fordi du jamvel har drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du, så vil Herren retta eit hardt slag mot folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig. Og sjølv skal du få ein sjukdom, ein sjukdom i livet, som er så hard at innvolen til sist fell ut. Så eggja Herren opp filistarane og dei arabarane som bur bortmed nubiarane, så dei vart harme på Joram. Dei gjorde ei hærferd mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alle eigneluter som fanst i kongsgarden, og jamvel sønene og konene hans. Berre ein av sønene sine hadde han att, Joakas, som var yngst. Etter alt dette lét Herren han få ein ulækjande sjukdom i livet. Og til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at innvolen fall ut, og han døydde i hard liding. Folket hans kveikte ikkje nokon eld til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene. Sidan gjorde Jerusalemsbuane Akasja, yngste son hans Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein herjeflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Akasja, son til Joram, konge i Juda. Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri. Akasja òg fór fram som kongane av Akabs-ætta. For mora, som gav han råd, forførte han til gudløyse. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, på same vis som etterkomarane etter Akab. For då faren døydde, vart dei rådgjevarane hans, til skade for han sjølv. Det var deira råd han fylgde då han saman med Joram Akabsson, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Hasael, aramearkongen, og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane. Så fór han heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra han hadde fått ved Ramot då han stridde mot Hasael, aramearkongen. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram, son til Akab, medan han låg sjuk. Men det var Gud som ville at Akasja skulle gå til grunne; difor laga han det så at han kom til Joram. For då han var komen dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å rydja ut Akabs ætt. Og medan Jehu heldt på å setja i verk domen over Akabs-ætta, møtte han stormennene i Juda og brorsønene til Akasja, som var i teneste hjå kongen, og han drap dei. Sidan leita han etter Akasja, og dei tok han i Samaria, der han hadde gøymt seg. Dei førte han til Jehu og drap han. Så gravla dei han; for dei sa: «Han er då ein etterkomar etter Josjafat, som søkte Herren av heile sitt hjarta.» No var det ingen att av Akasjas ætt som var før til å ta kongedømet. Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta i Juda. Men Josjabat, dotter til kongen, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der fekk Josjabat, syster til Akasja – ho var dotter til kong Joram og kona til presten Jojada – gøymt han for Atalja, så ho ikkje fekk drepe han. Sidan var han hjå Josjabat i Guds hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet. Men i det sjuande året tok Jojada mot til seg og gjorde ein avtale med nokre av hundremannsførarane. Det var Asarja, son til Jeroham, Ismael, son til Johanan, Asarja, son til Obed, Ma’aseja, son til Adaja, og Elisjafat, son til Sikri. Så fór dei ikring i Juda og samla levittane frå alle Juda-byane og ættehovdingane i Israel. Då dei kom til Jerusalem, gjorde alt folket som var samla, ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner. Høyr no kva de skal gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal halda vakt ved dørstokkane, den andre tredjeparten ved kongsgarden, den tredje ved Jesod-porten og alt folket i føregardane til Herrens hus. Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er heilage. Men alle dei andre må halda seg etter Herrens føresegn. Levittane skal fylka seg rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i huset, skal han drepast. Dei skal fylgja kongen kvar han går og står. Levittane og heile Juda-folket gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing; for presten Jojada hadde ikkje late noko av skifta fara heim. Han gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som kong David hadde ått, og som var i Guds hus. Og han lét alt folket stella seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen. Så leidde Jojada og sønene hans kongssonen ut. Dei sette på han krona og gav han vitnemålet, kåra han til konge og salva han. Og folket ropa: «Leve kongen!» Då Atalja høyrde ropet frå folkehopen som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus. Der fekk ho sjå kongen stå attmed søyla si ved inngangen, og hovdingane og hornblåsarane attmed han. Heile hopen jubla og bles i trompetar, og songarane stod der med instrumenta sine og styrte lovsongen. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!» Men presten Jojada sende hundremannsførarane i veg, dei som stod over hæren, og sa til dei: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, skal han hoggast ned med sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.» Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der drap dei henne. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk. Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei sund, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altara. Så sette Jojada inn tilsynsmenn i Herrens hus. Det var dei prestane og levittane som David hadde delt inn i skift til å gjera teneste i templet, til å bera fram brennoffer for Herren, som skrive står i Moselova, med glede og song etter Davids føresegn. Og han sette vaktmenn ved portane til Herrens hus, så ikkje nokon som på eit eller anna vis hadde vorte urein, skulle koma inn der. Så tok han med seg hundremannsførarane, stormennene, styresmennene i folket og heile folkehopen og henta kongen ned frå Herrens hus. Dei gjekk gjennom Øvreporten inn i kongsgarden og sette kongen på kongsstolen. Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd. Joasj var sju år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’er-Sjeba. Joasj gjorde det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada levde. Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer. Då det leid av ei tid, sette Joasj seg føre å vøla Herrens hus. Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå heile Israel til å setja i stand huset åt dykkar Gud etter som det trengst år om anna. De må skunda dykk å gjera det!» Men levittane skunda seg ikkje. Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til lovteltet som Moses, Herrens tenar, og Israels-lyden har fastsett? For den gudlause Atalja og sønene hennar har gjort stor skade på Guds hus og har jamvel teke dei heilage tinga i templet og nytta dei til Ba’al-gudane.» Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus. Og det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at folket skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i øydemarka. Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket, og dei kom med pengane og kasta dei i kista til ho var full. Då bar levittane henne inn til embetsmennene åt kongen. Og kvar gong dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett inn, og tømde henne. Så tok dei og sette henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar. Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å setja huset i stand og jern- og koparsmedar til å vøla det. Arbeidsfolket gjekk til verket, og arbeidet hadde god framgang under hendene deira. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før. Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga reiskapar til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, og skåler og kar av gull og sølv. Sidan bar dei støtt fram brennoffer i Herrens hus, så lenge Jojada levde. Jojada vart gamal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år då han døydde. Dei gravla han i Davids-byen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel, for Gud og huset hans. Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei. Så gav dei opp huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. For det brotet skuld kom Guds vreide over folket i Juda og Jerusalem. Herren sende dei profetar som skulle føra dei attende til han. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra. Då kom Guds Ande over Sakarja, son til presten Jojada. Og han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? På den måten går det dykk aldri vel. De har vendt dykk frå Herren; difor vender han seg frå dykk.» Men dei svor seg saman mot han og steina han i føregarden til Herrens hus. Kongen baud dei gjera så. Så lite kom kong Joasj i hug den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde vist han, at han drap son hans. Men Sakarja ropa med det same han døydde: «Herren ser det og skal hemna det!» Då året var ute, gjorde aramearane ei hærferd mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og rudde ut alle stormennene i folket. Alt hærfanget dei tok, sende dei til kongen i Damaskus. Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær, fordi folket i Juda hadde gått bort frå Herren, sin fedregud. Såleis vart straffedomen over Joasj sett i verk. Då aramearane drog bort frå han og lét han liggja att i svær liding, svor tenarane hans seg saman mot han, fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Og dei drap han der han låg. Såleis døydde Joasj. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene. Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit frå Moab. Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda som vart tala mot han, og atterreisinga av Guds hus er det skrive i sogeverket om kongane. Amasja, son hans, vart konge etter han. Amasja var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem. Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje med eit heilt hjarta. Så snart han hadde fått kongedømet fast i si hand, drap han dei hoffmennene som hadde slege i hel far hans, kongen. Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg etter det som står skrive i Mose lovbok, der Herren har gjeve dette påbodet: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd. Sidan samla Amasja folket i Juda og stelte dei opp, ættgrein for ættgrein, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra dei, så mange som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsmenn som kunne bruka spyd og skjold. Dessutan leigde han i Israel hundre tusen djerve krigarar for hundre talentar sølv. Då kom ein gudsmann til han og sa: «Lat ikkje Israels-hæren dra med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel, ikkje med nokon av Efraims-sønene. Men du skal dra ut og gå modig i striden! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.» Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til hærflokken frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!» Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Israel, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på Juda-mennene og fór av stad i fullt sinne. Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se’ir. Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman. Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang. Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se’ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet som sa til han: «Kvifor spør du gudane åt dette folket til råds, dei som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?» Men då profeten tala såleis til Amasja, sa han: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp med dette! Elles kan du verta ihelslegen.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å tyna deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.» Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren. Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.» Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda. Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død. Det som elles er å seia om Amasja, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane. Etter at Amasja fall frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der. Så køyrde dei han derifrå med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg. Så tok heile Juda-folket og gjorde Ussia, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans. Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine. Ussia var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem. Ussia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort. Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på syner frå Gud. Og så lenge han søkte Herren, lét Gud allting lukkast for han. Ussia drog i hærferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar i Asjdod-bygda og andre stader i Filistarlandet. Gud hjelpte han mot filistarane, mot dei arabarane som budde i Gur-Ba’al og mot me’unittane. Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han fekk større og større makt. Ussia bygde tårn i Jerusalem, ved Hjørneporten og Dalporten og ved Kroken. Såleis gjorde han desse stadene sterke. I øydemarka bygde han òg tårn og hogg ut mange brunnar; for han hadde mykje fe både i Sjefela og på høgsletta. Og han heldt arbeidsfolk som dyrka jorda og stelte vintrea på fjella og i hagane; for jordbruket låg han på hjarta. Ussia hadde ein stridsbudd hær, som drog ut i krig i flokkar som var mønstra og talde av riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen. Dei ættehovdingane som var djerve stridsmenn, var 2 600 i talet. Under dei stod det ei hærmakt på 307 500 mann, som gjekk i striden med mot og makt til å hjelpa kongen mot fienden. Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar. I Jerusalem fekk han laga kunstferdig uttenkte krigsmaskinar, som skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Og gjetordet om han nådde vide ikring; for han fekk hjelp på underfull vis, så makta hans vart stor. Men då han hadde fått slik makt, vart hjarta hans så fullt av hovmod at han bar seg ille åt og sveik Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens heilagdom og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret. Men Asarja, presten, fylgde etter han og hadde med seg åtti andre av Herrens prestar, uredde menn. Dei steig fram mot kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Arons-sønene, som er vigde til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hjå Herren din Gud.» Då vart Ussia arg. Han stod alt med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men med det same han vart arg på prestane, braut det ut på panna hans ein hudsjukdom som gjorde han urein der han stod framfor prestane, attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus. Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, fordi Herren hadde råma han. Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, stod for kongsgarden og styrte folket i landet. Det som elles er å seia om Ussia, frå fyrst til sist, det har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp. Ussia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og dei gravla han på marka utanfor gravstaden åt kongane. For dei sa: «Han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.» Jotam, son hans, vart konge etter han. Jotam var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok. Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort, så nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens tempel. Men folket heldt fram med å gjera det som vondt var. Det var Jotam som bygde Øvre-porten i Herrens hus, og han arbeidde mykje på Ofel-muren. Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane. Han førte krig mot ammonittane og kongen deira og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året. Såleis vann Jotam stor makt, fordi han støtt ferdast for Herren sin Guds åsyn. Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han tok seg føre, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Akas, son hans, vart konge etter han. Akas var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens augo, så som David, ættefar hans, hadde gjort, men fór fram på same måten som Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Ba’al-gudane. Han ofra i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane. Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre. Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han, tok ei mengd av folket hans til fange og førte dei til Damaskus. Like eins vart han gjeven i hendene på Israels-kongen, som vann ein stor siger over han. Pekah, son til Remalja, felte på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve karar. Så gjekk det fordi dei hadde svike Herren, sine fedrars Gud. Sikri, ein krigar frå Efraim, felte Ma’aseja, kongssonen, og Asrikam, slottshovdingen, og Elkana, som var nest etter kongen. Israelittane drog av med to hundre tusen fangar som dei hadde teke mellom frendane sine, og konene, sønene og døtrene deira. Dei reiv òg til seg stort hærfang, som dei tok med til Samaria. Der var ein av Herrens profetar, som heitte Oded. Han gjekk til møtes med hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr her! Fordi Herren, dykkar fedregud, var harm på Juda-folket, gav han dei i dykkar vald. Men de har herja og drepe mellom dei med slikt sinne at det har nått heilt til himmelen. Og no tenkjer de på å tvinga folket i Juda og Jerusalem til å vera trælar og trælkvinner for dykk! Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud? Så lyd no meg og send attende dei fangane som de har teke mellom frendane dykkar og ført bort! For Herrens brennande vreide er over dykk.» Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram: Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai. Dei vende seg til dei som var komne heim att frå hærferda, og sa: «Kom ikkje hit med fangane! De tenkjer visst å føra større synd og skuld over oss som alt har så mykje å svara for hjå Herren. Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.» Då sleppte krigarane fangane fri og gav frå seg det hærfanget dei hadde røva, midt for augo på hovdingane og heile folkehopen. Og dei mennene som nett er nemnde, kom og tok seg av fangane. Dei tok klede av hærfanget og hadde på alle som var nakne. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Sidan fór dei heim att til Samaria. På den tid sende kong Akas bod til assyrarkongen og bad om hjelp. For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar. Og filistarane herja Juda-byane, både i Sjefela og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, like eins Soko med småbyane ikring og Timna og Gimso, begge med småbyane som høyrde til. Og dei busette seg der. For Herren ville audmykja Juda av di kong Akas hadde ført folket vilt og vore trulaus mot Herren. Så kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, mot han; men han skapte naud og trengsle i staden for å hjelpa. Endå Akas plyndra både Herrens hus og kongsgarden og tok frå stormennene og gav til assyrarkongen, så hjelpte det ikkje. Jamvel i denne harde tida heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Akas. Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Det er gudane åt aramearkongane som har hjelpt dei; no vil eg ofra til dei, så hjelper dei meg.» Men dei vart til ulukke for han og for heile Israel. Akas samla òg alle dei kar som var i Guds hus, og slo dei sund. Han stengde dørene til Herrens hus og laga seg altar på kvart gatehjørne i Jerusalem. Og i kvar einaste by i Juda laga han haugar som han ofra på til framande gudar. Såleis harma han Herren, sin fedregud. Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane. Akas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; for dei ville ikkje leggja han i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han. Hiskia vart konge då han var tjuefem år gamal, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abia og var dotter til Sakarja. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort. I det fyrste styringsåret sitt, i den fyrste månaden, opna han atter dørene til Herrens hus og sette dei i stand. Så sende han bod etter prestane og levittane, samla dei på den opne plassen i aust og sa til dei: Høyr på meg, de levittar! Helga no fyrst dykk sjølve, og helga så huset åt Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen! For fedrane våre har bore seg trulaust åt. Dei har gjort det som vondt er i Herrens augo, og skilt seg frå han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snutt ryggen til han. Dei har jamvel stengt dørene til forhalla og sløkt lampene; dei har ikkje brent røykjelse og ikkje bore fram brennoffer for Israels Gud i heilagdomen. Difor er Herrens vreide komen over Juda og Jerusalem, og han har gjeve folket over til redsle, tyning og spott, som de ser det med eigne augo. Sjå, fedrane våre er falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap. Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss. Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han. Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah, av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja, av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel. Dei samla brørne sine og helga seg, og så gjekk dei inn og reinsa Herrens hus, som kongen hadde sagt dei etter Herrens ord. Prestane gjekk inn i Herrens hus og ville reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen. Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg, og den åttande dagen gjekk dei inn i forhalla til Herrens hus. Så helga dei templet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige. Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «No har vi reinsa heile Herrens hus og brennofferaltaret med alt som til høyrer, og skodebrødsbordet med alt som til høyrer. Og alle dei kar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga den tid han rådde for riket, dei har vi vølt og helga, og no står dei framfor Herrens altar.» Tidleg andre morgonen samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus. Dei hadde med seg sju oksar, sju verar, sju lam og sju bukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for folket i Juda. Og kongen baud Arons-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar. Dei slakta då oksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret. Så slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og det same gjorde dei med lamma. Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og lyden. Dei la hendene sine på dei, og prestane slakta dei og skvette blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile folket. Samstundes lét han levittane stella seg opp i Herrens hus med cymblar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde føreskrive. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine. Så stod då levittane der med dei instrumenta David hadde fastsett, og prestane med trompetar. Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, røysta dei i songen for Herren, til tonar frå trompetane og dei andre instrumenta David, Israels konge, hadde fastsett. Heile lyden kasta seg ned, og songen ljoma og trompetane klang; alt dette heldt ved til ofringa var slutt. Då dei hadde bore fram offeret, la dei seg på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han. Så baud kong Hiskia og stormennene at levittane skulle lovsyngja Herren med ord av David og sjåaren Asaf. Og dei lova han med glede og bøygde seg i tilbeding. Då tok Hiskia til ords og sa: «No har de hendene fulle av gåver til Herren. Kom hit og ha med dykk slaktoffer og takkoffer til Herrens hus!» Då kom lyden med slaktoffer og takkoffer, og alle som kjende seg drivne til det, hadde med seg brennoffer òg. Talet på dei brennofferdyr som lyden bar fram, var: sytti oksar, hundre verar og to hundre lam. Alt dette var etla til brennoffer for Herren. Dei andre offergåvene som vart framborne, var seks hundre oksar og tre tusen sauer. Men prestane var for få til å flå alle offerdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført, og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde synt ærlegare vilje til å helga seg enn prestane. Så var det då òg ei mengd med brennoffer å bera fram, og attåt dei kom feittet av måltidsoffera og like eins drikkofferet som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk. Og Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket; for alt hadde gått så snøgt. Så sende Hiskia bod ikring i Israel og Juda. Til Efraim og Manasse skreiv han òg brev og bad dei koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påske for Herren, Israels Gud. Kongen og stormennene hans og heile lyden hadde vorte samde om å høgtida påskehelga i den andre månaden. For dei kunne ikkje gjera det med det same, av di det endå ikkje var prestar nok som hadde helga seg, og folket ikkje var samla i Jerusalem. Det tykte både kongen og alt folket var rett. Difor sette dei seg føre å ropa ut i heile Israel, frå Be’er-Sjeba til Dan, at folk skulle koma og halda påske for Herren, Israels Gud, i Jerusalem. For dei hadde ikkje halde den høgtida i samla flokk, så som føreskrive er. Så skunda sendeboda seg av stad med breva frå kongen og stormennene hans. Etter kongens føresegn fór dei ikring i heile Israel og Juda og sa: De israelittar, vend om til Herren, Abrahams, Isaks og Israels Gud, så han kan venda seg til den leivningen av dykk som har berga seg unna assyrarkongen og hans velde. Ver ikkje de liksom fedrane og brørne dykkar! Dei sveik Herren, sin fedregud, så han lét dei gå til grunne, som de sjølve ser. Ver no ikkje stridlyndte som fedrane dykkar! Gjev Herren handa og kom til heilagdomen hans, som han har helga for alle tider. Og ten Herren dykkar Gud, så den brennande vreiden hans må venda seg frå dykk. For når de vender om til Herren, skal brørne og sønene dykkar møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei får koma heim att til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje sitt åsyn bort frå dykk, så sant de vender om til han. Sendeboda skunda seg no ikring frå by til by i Efraim og Manasse og heilt til Sebulon. Men folk berre lo åt dei og spotta dei. Det var berre nokre få i Asjer, Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem. I Juda òg var Guds hand verksam, og han gav folket ein og same hug, så dei gjorde det som kongen og stormennene etter Herrens ord hadde sagt. Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd. Fyrst fekk dei bort dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen. Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle. Dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus. Dei stelte seg på den staden dei skal ha etter det som er føreskrive i lova av Moses, gudsmannen. Og prestane skvette blodet som levittane gav dei. Det var mange i lyden som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, så dei kunne helga dei åt Herren. For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Dei åt påskelammet utan å bry seg om det som var føreskrive. Men Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god; han vil nok tilgje kvar den som av heile sitt hjarta søkjer Herren Gud, sin fedregud, endå om han ikkje er rein så som det krevst i heilagdomen.» Og Herren høyrde bøna til Hiskia og sparte folket. Såleis høgtida dei israelittane som var i Jerusalem, usyrdebrødshelga i sju dagar, og dei gjorde det med stor glede. Og levittane og prestane lova og prisa Herren dag etter dag til tonane frå sterke instrument. Hiskia tala venleg til alle dei levittane som hadde synt dugleik i Herrens teneste. I sju samfulle dagar heldt dei høgtid. Dei slakta måltidsoffer og lova Herren, sin fedregud. Men så samdest heile lyden om å halda høgtid endå i sju dagar, og dei heldt høgtid og var glade i sju dagar til. Hiskia, kongen i Juda, gav lyden tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav dei tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg. Så var dei glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel, og innflyttarane, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda. Gleda var stor i Jerusalem; for noko slikt hadde ikkje hendt dei sidan den tid Salomo, son til David, var konge i Israel. Og prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad. Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei knasa steinstøttene, hogg sund Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara både i heile Juda og i Benjamin, Efraim og Manasse, til det ingenting var att av dei. Så fór alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom. Sidan skipa Hiskia preste- og levittskifta som det hadde vore før. Kvar prest og levitt fekk si serskilde oppgåve med å bera fram brennoffer og måltidsoffer, halda gudsteneste og syngja Herrens lov og pris ved portane til leiren hans. Kongen gav ein del av det han åtte, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene, så som skrive står i Herrens lov. Han baud òg folket som budde i Jerusalem, å gje prestane og levittane det dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov. Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med fyrstegrøde i stor mengd, av korn og druesaft, olje og honning og alt det dei elles dyrka på marka. Dei bar fram rikeleg med tiend av alt. Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe og kom med heilage gåver som var vigde til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug. I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande var dei ferdige. Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans. Og då Hiskia spurde prestane og levittane om desse haugane, svara Asarja, øvstepresten, som høyrde Sadok-ætta til: «Sidan dei tok til å koma med gåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.» Så sa Hiskia at dei skulle laga opplagsrom i Herrens hus. Og då det var gjort, kom folket ærleg og greitt med avgifter, tiend og heilage gåver og la dei der. Den som hadde tilsyn med dette, var levitten Konanja og nest etter han Sjimi, bror hans. Men under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Det var kong Hiskia og Asarja, forstandaren i Guds hus, som hadde sett dei til det. Levitten Kore, son til Jimna, som heldt vakt ved austporten, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvene til Gud. Han skulle dela ut offergåvene som Herren fekk, og dei høgheilage gåvene. Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja. Dei skulle vera tillitsmenn i prestebyane og dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift, til alle menn og gutar som var tre år eller meir, anten dei var oppskrivne i ættelistene eller ikkje, alle som dag etter dag kom til Herrens hus og gjorde det arbeidet dei hadde plikt til, kvar i sitt skift. Prestane var oppskrivne i listene etter ættgreinene sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter dei pliktene dei hadde i skifta sine. Alle var oppskrivne med heile huslyden sin, med koner, søner og døtrer. For med truskap skulle dei via seg til det heilage. For dei av Arons-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by oppnemnt nokre menn som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteætt, og på alle som var oppskrivne i levittlistene. Såleis gjekk Hiskia fram i heile Juda. Og han gjorde det som Herren hans Gud heldt for godt og rett og sant. I alt han tok seg føre, anten det galdt tenesta i Guds hus, eller det galdt lova og boda, la han vinn på å tena sin Gud av heile sitt hjarta, og det lukkast for han. Ei tid etter at Hiskia hadde gjort dette og synt så stor truskap, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot Juda. Han kringsette festningsbyane der og tenkte han skulle få dei i si makt. Då Hiskia skjøna at Sankerib var komen og ville strida mot Jerusalem, samrådde han seg med stormennene og hærførarane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei stødde han i det. Det samla seg då mykje folk, og dei dytte til alle kjeldene og like eins bekken som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle assyrarkongen koma og finna rikeleg med vatn?» Så gjekk Hiskia med godt mot til verket. Han bygde opp att muren kvar stad han var nedriven, og reiste tårn på han, og utanfor bygde han ein annan mur. Han sette Millo i Davids-byen i stand og fekk laga ei mengd med kastespyd og skjold. Så sette han hærførarar over folket, samla dei hjå seg på torget framfor byporten og sette mot i dei med desse orda: «Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For det er ein større med oss enn med han. Med han er menneskemakt, men med oss er Herren vår Gud. Han skal hjelpa oss og strida for oss.» Og folket leit på det Hiskia, Juda-kongen, sa. Så sende Sankerib, assyrarkongen, som låg utfor Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var med i Jerusalem, og sa: Så seier Sankerib, kongen i Assyria: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de roleg lèt dykk kringsetja i Jerusalem? Hiskia vil at de skal døy av svolt og torste. Difor lokkar han dykk og seier: «Herren vår Gud skal berga oss for assyrarkongen.» Var det ikkje denne Hiskia som tok bort offerhaugane og altara hans og sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de ofra!» Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med alle folka rundt om i landa? Har vel dei gudane som desse folka dyrkar, kunna berga landa sine for meg? Kven av alle gudane åt desse folka som fedrane mine bannstøytte, har kunna berga folket sitt for meg? Og så skulle dykkar Gud kunna berga dykk! Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje få lokka dykk på den måten! Tru han ikkje! For ingen gud hjå noko folk eller i noko rike har kunna berga folket sitt for meg eller fedrane mine. Kor mykje mindre vil då dykkar gud kunna berga dykk! Desse og mange andre ord tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans. Han skreiv òg eit brev for å spotta Herren, Israels Gud, og tala mot han. Der stod: «Likså lite som gudane åt folka rundt om i landa har berga folka sine for meg, likså lite skal guden åt Hiskia kunna berga sitt folk.» Og dei ropa med høg røyst på judeisk mål til Jerusalems-buane som stod på muren. Dei ville skræma dei og gjera dei motlause, så dei kunne ta byen. Og dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane åt andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand. Då kong Hiskia og profeten Jesaja Amosson høyrde det, bad dei og ropa til himmelen. Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle krigarar, hovdingar og stormenn i leiren åt assyrarkongen, så han med skam og vanære laut fara heim att til landet sitt. Og då han ein gong gjekk inn i templet åt guden sin, kom nokre av hans eigne søner og hogg han ned med sverd. Såleis frelste Herren Hiskia og Jerusalemsbuane frå Sankerib, assyrarkongen, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar. Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med dyre eigneluter til Hiskia, Juda-kongen. Og han vart høgt æra hjå alle folkeslag etter dette. På den tid vart Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då bad han til Herren, og Herren svara og gav han eit underfullt teikn. Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; han vart hovmodig. Då vart Herren harm på han og på folket i Juda og Jerusalem. Men Hiskia audmykte seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde Jerusalems-buane. Difor kom ikkje Herrens vreidedom over dei så lenge Hiskia levde. Hiskia vann stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer, der han gøymde sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, våpen og allslags fine ting. Han bygde lagerhus til avlinga av korn og druesaft og olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen. Like eins bygde han byar og fekk seg småfe og storfe i mengd; for Gud hadde gjeve han mykje gods. Det var Hiskia som stengde det øvre utlaupet av Gihon-kjelda og leidde vatnet under jorda til vestsida av Davids-byen. I alt han tok seg føre, hadde han lukka med seg. Så var det òg den gongen det kom sendemenn frå fyrstane i Babylonia. Dei sende bod til han og ville høyra om det underfulle teiknet som hadde synt seg i landet. For at Gud gjekk ifrå han, det var berre av di han ville setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjarta hans. Det som elles er å seia om Hiskia og dei gode gjerningane hans, det står skrive i synene åt profeten Jesaja Amosson og i boka om Juda- og Israels-kongane. Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han på ein høg stad mellom gravene åt Davids etterkomarar. Alt folket i Juda og Jerusalem synte han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han. Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Ba’algudane og laga Asjera-pålar. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren. Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt bu til evig tid.» I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren. Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme. Gudebiletet som Manasse hadde laga, sette han opp i Guds hus, det Gud hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset og i Jerusalem, som eg har valt ut innanfor alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid. Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg etla fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova og alle dei boda og føresegnene som dei har fått gjennom Moses.» Men Manasse førte folket i Juda og Jerusalem vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane. Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei brydde seg ikkje om det. Difor sende Herren hærførarane åt assyrarkongen mot dei. Og dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylonia. Men då han var i naud, bad han Herren sin Gud om nåde og audmykte seg djupt for sine fedrars Gud. Og Herren lydde etter då han bad. Han høyrde den inderlege bøna hans, førte han tilbake til Jerusalem og lét han få att riket sitt. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud. Sidan bygde han ein ytre mur om Davids-byen, vestanfor Gihon, nede i dalen, fram til Fiskeporten. Han lét muren gå kring Ofel og gjorde han retteleg høg. Og i alle festningsbyane i Juda sette han hærførarar. Så hadde han bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet, og like eins alle dei altara han hadde reist på Herrens tempelberg og i Jerusalem, og kasta dei utanfor byen. Han sette i stand Herrens altar og bar fram måltidsoffer og takkoffer på det. Og han sa til folket i Juda at dei skulle tena Herren, Israels Gud. Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud. Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet åt Herren, Israels Gud, det står skrive i boka om Israels-kongane. Og bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, og all synda og utruskapen hans og dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete, før han audmykte seg, alt det er det skrive om i boka åt sjåarane hans. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebilete som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei. Men han audmykte seg ikkje for Herren, som Manasse, far hans, hadde gjort. Han berre auka syndeskulda. Mennene til Amon svor seg saman mot han og drap han i hans eige hus. Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han. Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og fór i alle måtar fram som David, ættefar hans, hadde gjort; han bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre. I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, ættefar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og utskorne og støypte gudebilete. Medan han såg på, reiv dei ned altara for Ba’algudane; røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han ned, og Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta slo han sund. Han knuste dei til støv, og støvet strøydde han på gravene åt folk som hadde ofra til dei. Beina åt prestane brende han på deira eigne altar. Såleis reinsa han Juda og Jerusalem. Og rundt ikring i byane i Manasse, Efraim og Simeon, ja, radt til Naftali, på torga der, reiv han ned altara og Asjera-pålane, og dei utskorne bileta slo han i knas. I heile Israel hogg han ned alle røykjelsesaltara. Så fór han heim att til Jerusalem. I det attande styringsåret åt kong Josjia, då han hadde reinsa landet og templet, sende han Sjafan Asaljason, Ma’aseja, byhovdingen, og Joak Joakasson, kanslaren, av stad for å setja i stand huset åt Herren hans Gud. Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei frå seg dei pengane som var komne inn til Guds hus, alt det dei levittane som heldt vakt ved dørene, hadde samla inn frå Manasse, Efraim og alle dei andre Israels-ættene, frå heile Juda og Benjamin og frå Jerusalemsbuane. Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til handverkarane som arbeidde i templet og skulle bøta brestene der og vøla på det, og til tømmermennene og bygningsmennene, til å kjøpa inn hoggen stein og trevyrke til tverrbjelkar, og til å tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla. Mennene arbeidde trufast på verket. Nokre av levittane var sette til å ha tilsyn med dei. Det var Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene. Alle levittar som skjøna seg på musikkinstrument, hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar. Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses. Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren. Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei. Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.» Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen. Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine. Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa: «Gå og spør Herren til råds for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i den boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje har halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boka.» Då gjekk Hilkia og dei andre mennene som kongen sende av stad, til Hulda, ei profetkvinne, som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne, og ho sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg: Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alle dei forbanningane som er skrivne i den boka dei har lese opp for Juda-kongen. For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna. Men til Juda-kongen som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda. Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Gud då du høyrde kva han tala mot denne staden og mot dei som bur her. Fordi du bøygde deg for meg og reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren. Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden og dei som bur her. Med dette svaret kom dei heim att til kongen. Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og levittane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus. Så steig kongen fram til plassen sin og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda. Han fekk kvar mann som fanst i Jerusalem og Benjamin til å gå med i pakta. Og sidan levde Jerusalems-buane etter den pakta dei hadde gjort med Gud, sine fedrars Gud. Josjia fekk bort all styggedomen frå alle dei landområda som høyrde israelittane til, og sytte for at heile Israels-folket dyrka Herren sin Gud. Så lenge han levde, vende dei seg ikkje bort frå Herren, sine fedrars Gud. Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Den fjortande dagen i den fyrste månaden slakta dei påskelammet. Kongen gav prestane dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus. Og til levittane, som skulle vera lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren, sa han: «Set den heilage kista i det huset som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygt. De treng ikkje bera noko på akslene meir. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans. Gjer dykk ferdige, kvar i si ættgrein og sitt skift, så som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive. Stell dykk opp i heilagdomen etter dei flokkane av ættgreiner som brørne dykkar i folket utgjer, ei levitt-ættgrein for kvar flokk. Så skal de slakta påskelammet, helga dykk og stella alt til for brørne dykkar. Gjer det så som Herren har sagt gjennom Moses.» Josjia gav lekfolket småfe – tretti tusen lam og kje – alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette gav kongen av det han sjølv åtte. Og stormennene hans kom med friviljuge gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde det øvste tilsynet med Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar. Og Konanja og Sjemaja og Netanel, brørne hans, og Hasjabja, Je’iel og Josabad, dei fremste mellom levittane, gav levittane fem tusen påskelam og fem hundre oksar. Då det såleis var gjort i stand til gudstenesta, stelte prestane seg opp der dei skulle stå, og like eins levittane, skift for skift, som kongen hadde sagt føre. Påskelamma vart slakta, og prestane skvette noko av blodet på altaret, medan levittane flådde dyra. Det som skulle brukast til brennoffer, la dei til sides og gav det til ættgreinflokkane av lekfolket, så dei kunne bera det fram for Herren, så som føreskrive er i Moseboka. Sameleis gjorde dei med oksane. Påskelammet steikte dei over elden, som føreskrive var, og det kjøtet som var gjeve i heilag gåve, koka dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til alt lekfolket. Sidan laga dei til åt seg sjølve og åt prestane. For prestane, Arons-sønene, heldt på med å bera fram feittstykka av brennofferet til langt på natt. Difor laga levittane til åt seg sjølve og åt prestane, Arons-sønene. Songarane, Asaf-sønene, stod på staden sin, så som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde fastsett, og portvaktarane stod ved kvar sin port. Dei trong ikkje gå frå tenesta si; for brørne deira, dei andre levittane, laga til åt dei. Såleis kom heile tenesta for Herren i sitt rette lag den dagen, og dei heldt påskehelg og bar fram brennoffer på Herrens altar, som kong Josjia hadde sagt føre. Dei israelittane som var til stades den gongen, heldt påske og høgtida usyrdebrødshelga i sju dagar. Ei slik påskehelg hadde ikkje vore halden i Israel sidan den tid då profeten Samuel levde. Ingen av Israels kongar hadde halde ei såvoren påskehelg som den Josjia no høgtida saman med prestane og levittane, heile folket i Juda, dei frå Israel som var til stades, og Jerusalems-buane. Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at ei slik påskehelg vart halden. Ei tid etter at alt dette hadde hendt, og Josjia hadde sett templet i stand, gjorde Neko, kongen i Egypt, ei hærferd til Karkemisj ved Eufrat. Og Josjia drog ut imot han. Då sende Neko bod til han og sa: «Kva har eg med deg å gjera, du Juda-konge? Det er ikkje deg eg dreg ut imot i dag, men det kongehuset som eg støtt ligg i strid med; og Gud har sagt at eg skal skunda meg. Set deg ikkje opp mot Gud, som er med meg. Elles kjem han til å tyna deg.» Men Josjia drog seg ikkje attende. Han ville strida mot han og gjera seg fri. Difor høyrde han ikkje på Nekos ord, som kom frå Guds munn, men gjekk til strid mot han på Megiddo-sletta. Der skaut bogeskyttarane på kong Josjia, og han sa til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.» Så lyfte mennene han ned frå stridsvogna og sette han over i ei anna vogn som han hadde med seg. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd der fedrane hans låg, og heile Juda og Jerusalem syrgde over Josjia. Jeremia kvad ein klagesong over han. Og alle songarane og songarinnene tala om Josjia i klagesongane sine, og det har dei gjort til denne dag. Det vart fast skikk i Israel å syngja desse songane, og dei finst oppskrivne mellom klagesongane. Det som elles er å seia om Josjia og dei gode gjerningane han gjorde, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov, alt som er å seia om han, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Så tok folket i landet og gjorde Joakas, son åt Josjia, til konge i Jerusalem etter far hans. Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Men kongen i Egypt sette han av, så han ikkje fekk råda i Jerusalem lenger, og la skatt på landet, hundre talentar sølv og ein talent gull. Så gjorde Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joakas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt. Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, gjorde ei hærferd mot han og batt han med bronselekkjer og ville føra han til Babylonia. Nebukadnesar tok òg med seg ein del av kara i Herrens hus og sette dei i templet sitt i Babylon. Det som elles er å seia om Jojakim, om alt det stygge han gjorde, og det som hende han, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han. Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar ut folk som førte han til Babylon, og saman med han dei dyre kara i Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, farbror hans, til konge i Juda og Jerusalem. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Og han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia, som tala ord frå Herrens munn. Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stridlyndt og hard i hugen og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud. Alle leiarane i Juda og prestane og folket vart òg meir og meir trulause og gjorde dei same stygge tinga som andre folkeslag. Og dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem. Herren, deira fedrars Gud, åtvara dei både seint og tidleg gjennom utsendingane sine; for han hadde medkjensle med folket sitt og bustaden sin. Men dei spotta Guds utsendingar, vanvørde orda hans og heldt profetane hans for narr, til Herrens harme mot folket hans vart så stor at det ikkje fanst botevon meir. Så lét Herren kaldearkongen fara i hærferd mot folket i Juda. Han drap dei unge mennene deira med sverd midt i det heilage huset deira og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Herren gav dei alle i hans hender. Alle dei kar som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var i Herrens hus, og dei som kongen og stormennene hans åtte – alt tok han med seg til Babylon. Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde. Dei som slapp unna sverdet, førte han bort til Babylonia. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var lidne. I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen: «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda. Han har sett meg til å byggja eit tempel for han i Jerusalem i Judea. Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til! De kan få fara heim.» I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen: «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea. Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem. Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem.» Då budde dei seg til ferda, ættehovdingane i Juda og Benjamin og prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle fara til Jerusalem og byggja opp att Herrens hus. Alle grannane hjelpte dei med sølv og gull, gods, buskap og dyre eigneluter, attåt alle dei friviljuge gåvene. Kong Kyros lét henta fram dei heilage kara som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem og sett inn i templet åt sin eigen gud. Persarkongen overlét dei til skattmeisteren Mitradat, som talde dei opp og gav dei til Sjesbassar, fyrsten i Judea. Talet på dei var: 30 gullskåler, 1 000 sølvskåler og 29 andre skåler, 30 gullstaup, 410 sølvstaup og 1 000 andre ting. I alt var det 5 400 ting av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesbassar med seg då dei bortførte fór heim til Jerusalem frå Babylonia. Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i Babylonia. Babylonarkongen Nebukadnesar hadde ført dei dit, men no kom dei attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by. Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Seraja, Re’elaja, Mordekai, Bilsjan, Mispar, Bigvai, Rehum og Ba’ana. Dette er talet på Israels-mennene: Av Parosj-ætta 2 172, av Sjefatja-ætta 372, av Arak-ætta 775, av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 812, av Elam-ætta 1 254, av Sattu-ætta 945, av Sakkai-ætta 760, av Bani-ætta 642, av Bebai-ætta 623, av Asgad-ætta 1 222, av Adonikam-ætta 666, av Bigvai-ætta 2 056, av Adin-ætta 454, av Ater-ætta, etterkomarar etter Hiskia, 98, av Besai-ætta 323, av Jora-ætta 112, av Hasjum-ætta 223, av Gibbar-ætta 95. Frå Betlehem 123 menn, frå Netofa 56, frå Anatot 128, frå Bet-Asmavet 42, frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot 743, frå Rama og Geba 621, frå Mikmas 122, frå Betel og Ai 223, av Nebo-ætta 52, av Magbisj-ætta 156, av den andre Elam-ætta 1 254, av Harim-ætta 320, frå Lod, Hadid og Ono 725, frå Jeriko 345, av Sena’a-ætta 3 630. Prestane: Av Jedaja-ætta, etterkomarar etter Josva, 973, av Immer-ætta 1 052, av Pasjkur-ætta 1 247, av Harim-ætta 1 017. Levittane: Josva- og Kadmiel-sønene, av Hodavja-ætta, 74. Songarane: Av Asaf-ætta 128. Portvaktarane: Av ættene Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 139 i alt. Tempeltenarane: Av ættene Sika, Hasufa, Tabbaot, Keros, Siaha, Padon, Lebana, Hagaba, Akkub, Hagab, Sjalmai, Hanan, Giddel, Gahar, Reaja, Resin, Nekoda, Gassam, Ussa, Paseak, Besai, Asna, Maon, Nafus, Bakbuk, Hakufa, Harhur, Baslut, Mekida, Harsja, Barkos, Sisera, Tamak, Nesiak og Hatifa. Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Hassoferet, Peruda, Ja’ala, Darkon, Giddel, Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami. Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392. Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til: Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 652, og av presteættene: Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360, forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr, 435 kamelar og 6 720 esel. Då dei kom fram til templet i Jerusalem, hadde nokre ættehovdingar med seg friviljuge gåver til Guds hus, så det kunne byggjast opp att der det før hadde stått. Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5 000 sølvminer og 100 presteskrud. Prestane, levittane og nokre av folket busette seg i Jerusalem. Songarane, portvaktarane, tempeltenarane og alle dei andre israelittane busette seg i byane sine. Då den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine, samla dei seg alle som ein i Jerusalem. Josva, son til Josadak, og brørne hans, prestane, og Serubabel, son til Sjealtiel, og brørne hans tok til å byggja opp att altaret åt Israels Gud. På det skulle dei ofra brennoffer, så som det er føreskrive i lova åt Moses, gudsmannen. Dei var gripne av redsle for folket i landet, men reiste likevel altaret der det før hadde stått; og dei bar fram brennoffer for Herren både morgon og kveld. Så heldt dei lauvhyttehelga, så som føreskrive er, og ofra kvar dag dei brennoffer som lova krev. Sidan bar dei fram dei daglege brennoffera og offera for nymånedagane og alle Herrens høgtider, og like eins alle friviljuge offer som einkvan kom til Herren med. Den fyrste dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, før grunnvollen til Herrens tempel endå var lagd. Dei gav pengar til steinhoggarane og tømmermennene. Til mennene frå Sidon og Tyrus sende dei mat, drikke og olje, så dei skulle føra sedertre ned frå Libanon og sidan sjøvegen til Jaffa, etter det løyvet persarkongen Kyros hadde gjeve. Året etter at dei var komne fram til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, gjekk dei til verket, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og alle frendane deira, prestane og levittane, og dei andre som var komne til Jerusalem or fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus. Josva og sønene og frendane hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja steig fram alle som ein og leidde arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane etter Henadad med sønene og frendane sine; dei òg var levittar. Då bygningsmennene hadde lagt grunnvollen til Herrens tempel, stelte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar og levittane av Asaf-ætta med cymblar. Dei skulle prisa Herren, så som David, Israels-kongen, hadde føreskrive. Dei lova og prisa Herren fordi han er god, og hans miskunn mot Israel varer til evig tid. Då sette heile folket i med høge glederop og lova Herren fordi grunnvollen til Herrens hus var lagd. Men mange av prestane, levittane og ættehovdingane som var så gamle at dei hadde sett det førre templet, gret høgt då dei såg det templet som no vart grunnlagt. Men dei andre jubla og ropa av glede. Ein kunne ikkje skilja dei glade jubelropa frå gråten. Folket jubla så høgt at det høyrdest langan lei. Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud. Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: «Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.» Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.» Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet. Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine. Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem. Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe’el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk. Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv eit brev til kong Artaxerxes mot Jerusalem. Forutan rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai var desse med på brevet: dei andre embetsbrørne deira, domarane, sendemennene, dei persiske embetsmennene, mennene frå Uruk og Babylon og elamittane frå Susa, og dei andre som den store og namngjetne Assurbanipal hadde ført bort og late busetja seg i Samaria-byen og elles i provinsen vestanfor Eufrat. Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han: Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat. Kongen skal vita at dei jødane som fór bort frå deg, er komne hit til oss i Jerusalem. Dei byggjer opp att denne vonde og opprørske byen, set murane i stand og vøler grunnvollane. No skal kongen vita at dersom denne byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem folket der korkje til å svara skattar eller avgifter i varer og pengar, og det vil med tida verta til skade for kongane. Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen, så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd. Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat. Kongen sende dette svaret: Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og dei andre embetsbrørne deira som bur i Samaria og elles i provinsen vestanfor Eufrat. Ver helsa! Brevet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese. Eg sette folk til å granska etter, og dei fann at denne byen frå gamal tid har sett seg opp mot kongane. Det har vore uro og opprør der. Kongane i Jerusalem var mektige; dei rådde over alt landet vestanfor Eufrat og tok inn skattar og avgifter i varer og pengar. Sei no frå at desse mennene skal hindrast i arbeidet sitt, så byen ikkje vert oppattbygd før det kjem påbod om det frå meg. Men gå varsamt fram, så de ikkje gjer noko mistak. Elles kunne det verta til endå større skade og tap for kongane. Så snart avskrifta av brevet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til jødane i Jerusalem og hindra dei med vald og makt. Då stansa arbeidet på Guds hus i Jerusalem, og det låg nede til året etter at Dareios hadde vorte konge i Persia. Profeten Haggai og profeten Sakarja, soneson til Iddo, tala til jødane i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud tala dei til dei. Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og dei to Guds profetar var med og stødde dei. Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira kom straks til dei og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?» Og dei heldt fram: «Kva heiter dei mennene som set opp denne bygningen?» Men Guds auga vakte over dei eldste mellom jødane. Statthaldaren og mennene hans hindra dei ikkje i arbeidet, for dei ville venta til Dareios hadde fått melding om saka, og dei hadde fått brev frå han. Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios. Så lydde meldinga som dei sende: Til kong Dareios. Ver helsa! Kongen skal vita at vi har gjort ei ferd til Judea-distriktet, til templet åt den store Gud. Det vert no bygt opp att med tilhogne steinar, og murane vert kledde med tre. Arbeidet vert gjort med iver og har god framgang. Vi tala med dei eldste der og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?» Vi spurde òg kva leiarane deira heitte, for vi ville skriva opp namna og gje dei til deg. Dette var svaret dei gav oss: «Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det templet som vart reist her for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det. Men fedrane våre gjorde Gud i himmelen harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babylonia; han øydela templet og førte folket bort til Babylonia. Men i det fyrste året Kyros var konge i Babylonia, baud han at templet skulle byggjast opp att. Kong Kyros tok òg ut or templet i Babylon dei gullkar og sølvkar som hadde høyrt Guds hus til, og som Nebukadnesar hadde ført dit frå templet i Jerusalem. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesbassar, som han hadde gjort til statthaldar, og sa: Ta desse kara, far av stad og set dei i templet i Jerusalem! For Guds hus skal no byggjast opp att på same staden som før. Så kom då Sjesbassar til Jerusalem og la grunnvollen til Guds hus. Sidan har dei bygt på det til denne dag; men enno er det ikkje ferdig.» Om kongen så synest, så set folk til å sjå etter i dei kongelege skattkammera i Babylonia om kong Kyros har gjeve påbod om at templet i Jerusalem skal byggjast opp att. Lat oss så få vita kva som er kongens vilje i denne saka. Då sette kong Dareios nokre menn til å sjå etter i arkiva i skattkammera i Babylonia. I kongsborga i Ekbatana, hovudstaden i provinsen Media, fann dei ein bokrull, og der stod det skrive: Kunngjering. I det fyrste året kong Kyros styrte, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Huset skal byggjast opp att, så det vert ein stad der folk ber fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve templet skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt. Det skal byggjast med tre lag tilhogne steinar og kledast innvendig med eitt lag tre. Utgiftene skal berast av kongens skattkammer. Gullkara og sølvkara som høyrde Guds hus til, og som Nebukadnesar tok ut or templet i Jerusalem og førte til Babylon, skal gjevast tilbake. Dei skal førast til Jerusalem og setjast på sin rette stad i templet der. «No skal du, Tattenai, statthaldar i provinsen vestanfor Eufrat, og du Sjetar-Bosnai og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk borte frå Jerusalem. Legg ikkje hindringar i vegen for arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hjå jødane få byggja opp att templet på den gamle staden. Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for desse eldste hjå jødane, så bygginga kan halda fram: Av dei skatteinntektene som kongen har i provinsen, skal de fullt ut dekkja utgiftene for desse mennene, så arbeidet ikkje stansar. Alt det som trengst av unge oksar, verar og lam til brennoffer for Gud i himmelen, skal kvar dag gjevast etter oppgåve frå prestane i Jerusalem. Det same gjeld kveite, salt, vin og olje. Så skal dei bera fram velluktande offergåver for Gud i himmelen og be om eit langt liv for kongen og sønene hans. Dette påbodet gjev eg òg: Kvar den som krenkjer denne føresegna, skal få ein bjelke riven ut or huset sitt; den skal han hengjast opp på og naglast fast til. Huset hans skal gjerast til ein skraphaug, fordi han bar seg såleis åt. Gjev så at den Gud som har late namnet sitt bu i templet, må slå ned alle kongar og folk som krenkjer denne føresegna og vil øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev dette påbodet, og det skal fylgjast fullt ut.» Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då i alle måtar så som kong Dareios hadde gjeve påbod om. Dei eldste mellom jødane heldt fram med bygginga og hadde god framgang, medan profeten Haggai og Sakarja, soneson til Iddo, sette mot i dei med profetorda sine. Dei fullførte arbeidet så som Israels Gud hadde sagt, og etter føresegn frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes. Templet stod ferdig den tredje dagen i adar månad i det sjette året Dareios var konge. Israelittane – prestane, levittane og alle dei andre som var komne heim att or fangenskapet – heldt då høgtid og vigde Guds hus med stor glede. I tempelvigsla ofra dei 100 oksar, 200 verar og 400 lam. Som syndoffer for heile Israel bar dei fram tolv bukkar, ein for kvar av dei tolv Israels-ættene. Dei delte prestane inn i skift og levittane i avdelingar; dei skulle syta for gudstenesta i Jerusalem, så som føreskrive er i Moseboka. Den fjortande dagen i den fyrste månaden heldt dei heimkomne påskehelg. Levittane hadde då reinsa seg og var reine alle som ein. Dei slakta påskelammet for alle dei heimkomne, for brørne sine, prestane, og for seg sjølve. Så åt israelittane påskelammet, både dei som var komne heim or fangenskapet, og alle som hadde skilt seg frå folket i landet og ureinskapen deira fordi dei ville tilbe Herren, Israels Gud, saman med dei andre. I sju dagar heldt israelittane usyrdebrødshelga. Gleda var stor; for Herren hadde gjort dei glade då han vekte assyrarkongens velvilje, så kongen stødde dei i arbeidet på templet åt Israels Gud. Nokre år etter, då Artaxerxes var konge i Persia, drog Esra heim frå Babylonia. Han var son til Seraja, som var son til Asarja, son til Hilkia, son til Sjallum, son til Sadok, son til Akitub, son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot, son til Serakja, son til Ussi, son til Bukki, son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten. Esra var ein skriftlærd mann og hadde god kjennskap til Moselova, som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt han bad om, for Herren hans Gud heldt si hand over han. I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem. Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår. Esra hadde avgjort at dei skulle fara frå Babylonia den fyrste dagen i den fyrste månaden, og den fyrste dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. For hans Gud heldt si gode hand over han. For Esra hadde sett seg føre å granska Herrens lov, å fylgja henne og å læra folket i Israel lov og rett. Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel: «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen. Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg. For kongen og dei sju rådgjevarane hans sender deg til Judea og Jerusalem. Der skal du røkja etter om tilhøva er i samsvar med lova åt din Gud, som du har hjå deg. Du skal ta med deg sølvet og gullet som kongen og rådgjevarane hans gjev til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem. Du skal òg ta med deg alt sølvet og gullet som du får i provinsen Babylon, og dei gåvene som folket og prestane gjev til huset åt sin Gud i Jerusalem. Desse pengane skal du bruka samvitsfullt og kjøpa oksar, verar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Alt dette skal du ofra på altaret i Guds hus i Jerusalem. Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka så som de meiner det er rett etter dykkar Guds vilje. Men dei kara som du har fått til tempeltenesta, skal du gje frå deg i Jerusalem for Guds åsyn. Utgiftene som du elles har til huset åt din Gud, skal kongens skattkammer bera. Eg, kong Artaxerxes, gjev alle skattmeistrane i provinsen vestanfor Eufrat dette påbodet: Alt det presten Esra bed om – han som er kunnig i lova åt Gud i himmelen – skal de la han få fullt ut, opp til 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha. Alt som Gud i himmelen krev for templet sitt, skal de gjera med iver. Elles kjem hans vreide over riket åt kongen og sønene hans. De skal vita at ingen har rett til å krevja skattar eller avgifter i varer og pengar av prestar, levittar, songarar, dørvaktarar, tempeltenarar eller andre som gjer teneste i dette Guds hus. Og du, Esra, skal etter den visdom du har fått av Gud, setja inn skrivarar og domarar til å skifta rett mellom heile folket i provinsen vestanfor Eufrat. Dei skal skifta rett mellom alle som kjenner din Guds lov, og forkynna lova for dei som ikkje kjenner henne. Og kvar den som ikkje lever etter lova åt din Gud og lova åt kongen, skal få ein rettferdig dom, anten straffa vert død, landlysing, bot eller fengsel.» Då sa Esra: «Lova vere Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem, og lét kongen og rådgjevarane og alle dei mektige embetsmennene hans få godvilje for meg. Herren min Gud heldt si hand over meg. Difor kjende eg meg sterk og samla nokre av hovdingane i Israel; dei skulle fara opp til Jerusalem saman med meg.» Dette er dei ættehovdingane som fylgde meg heim frå Babylonia då Artaxerxes var konge. Her vert dei nemnde etter ættelistene: Av Pinhas-ætta Gersjom; av Itamar-ætta Daniel; av Davids-ætta Hattusj, son til Sjekanja; av Parosj-ætta Sakarja og med han 150 mann som var oppskrivne i ættelistene; av Pakat-Moab-ætta Eljoenai, son til Serakja, og 200 mann med han; av Sattu-ætta Sjekanja, son til Jahasiel, og 300 mann med han; av Adin-ætta Ebed, son til Jonatan, og 50 mann med han; av Elam-ætta Jesaja, son til Atalja, og 70 mann med han; av Sjefatja-ætta Sebadja, son til Mikael, og 80 mann med han; av Joab-ætta Obadja, son til Jehiel, og 218 mann med han; av Bani-ætta Sjelomit, son til Josifja, og 160 mann med han; av Bebai-ætta Sakarja, son til Bebai, og 28 mann med han; av Asgad-ætta Johanan, son til Hakkatan, og 110 mann med han; som dei siste av Adonikam-ætta Elifelet, Je’iel og Sjemaja og 60 mann med dei; av Bigvai-ætta Utai og Sakkur og 70 mann med dei. Eg samla dei attmed den elva som renn til Ahava. Der låg vi i leir i tre dagar. Då eg mønstra folket og prestane, fann eg ingen av levittane mellom dei. Eg sende då bod etter ættehovdingane Elieser, Ariel, Sjemaja, Elnatan, Jarib, Elnatan, Natan, Sakarja og Mesjullam og etter lærarane Jojarib og Elnatan. Eg bad dei fara til Iddo, leiaren i Kasifja. Og eg fortalde dei kva dei skulle seia til han og bror hans, som var tempeltenarar der; dei skulle be om tenarar til huset åt vår Gud. Gud heldt si gode hand over oss, så dei sende oss ein vitug mann som heitte Sjerebja – ein etterkomar etter Makli, son til Levi, som var son til Israel – og sønene og brørne hans, 18 i talet. Like eins sende dei Hasjabja og med han Jesaja av Merari-ætta, og brørne hans og sønene deira, 20 i talet, og 220 av dei tempeltenarane som David og hovdingane hadde sett til å vera tenarar for levittane. Alle desse er oppskrivne i ættelistene. Der ved Ahava-elva lyste eg ut ei faste. Vi skulle audmykja oss for vår Gud og be om ei god ferd for oss sjølve og borna våre og for alt det vi åtte. For eg skjemdest over å be kongen om stridsmenn og hestfolk til å hjelpa oss mot fiendar på vegen. Vi hadde då sagt til han at vår Gud held si hand over alle som søkjer han, og gjer vel imot dei, men at han lèt si makt og sin vreide koma over alle som vender seg bort frå han. Difor fasta vi og bad vår Gud om hjelp, og han høyrde bøna vår. Så valde eg ut tolv av dei øvste prestane og Sjerebja, Hasjabja og ti av brørne deira. Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara, alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og hovdingane hans, og frå alle israelittane som budde der. Det eg vog opp, lét eg dei få: 650 talentar sølv, sølvkar som var verde 100 talentar, 100 talentar gull, 20 gullstaup som var verde 1 000 dareikar, og 2 kar av fin, skinande bronse, dyr som gull. Eg sa til dei: «De er vigde til Herren. Kara òg er vigde, og sølvet og gullet er friviljuge gåver til Herren, dykkar fedrars Gud. Ta vel vare på alt dette til dess de kan vega det opp for dei øvste prestane, levittane og Israels ættehovdingar i Jerusalem, i roma ved templet. Prestane og levittane tok imot sølvet og gullet og kara, alt som var oppvege. Dei skulle føra desse gåvene til huset åt vår Gud i Jerusalem. Den tolvte dagen i den fyrste månaden tok vi ut frå Ahava-elva og drog til Jerusalem. Vår Gud heldt si hand over oss og berga oss frå fiendar og landevegsrøvarar som ville ta på oss. Då vi kom til Jerusalem, kvilte vi i tre dagar. Den fjerde dagen vog vi opp sølvet og gullet og kara i huset åt vår Gud og gav alt til presten Meremot, son til Uria. Saman med han var Elasar, son til Pinhas, og levittane Josabad, son til Josva, og Noadja, son til Binnui. Alt vart overgjeve etter tal og vekt, og vekta vart samstundes oppskriven. Dei bortførte som var komne heim att or fangenskapet i Babylonia, bar fram brennoffer for Israels Gud. Dei ofra 12 oksar for heile Israel, 96 verar, 77 lam og som syndoffer 12 bukkar. Alt dette var brennoffer til Herren. Sidan bar dei fram føresegnene åt kongen til dei kongelege satrapane og til statthaldarane hans i provinsen vestanfor Eufrat. Desse mennene gav si støtte til folket og til Guds hus i Jerusalem. Då dette var gjort, kom leiarane til meg og sa: «Korkje Israels-folket eller prestane og levittane har skilt seg frå dei framande folka og styggedomen deira, frå kanaanearane, hetittane, perisittane, jebusittane, ammonittane, moabittane, egyptarane og amorittane. For dei har teke koner åt seg og sønene sine mellom døtrene deira, så den heilage ætta har vorte blanda med framande folkeslag. Leiarane og forstandarane har vore dei fyrste til å fara med slik utruskap.» Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjortel og kappe, reiv meg i hår og skjegg og sette meg ned, heilt avskræmd. Alle som hadde age for det Israels Gud hadde sagt, var oppskaka over utruskapen mellom dei heimkomne. Dei samla seg kring meg, men eg sat mållaus heilt til kveldsofferet skulle berast fram. Då reiste eg meg frå mi botsstilling. Med sundriven kjortel og kappe kasta eg meg på kne, breidde ut hendene mine mot Herren min Gud og bad: Min Gud! Eg kjenner meg for skamfull og audmykt til å venda andletet opp mot deg, min Gud! For syndene våre har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho når til himmelen. Frå våre fedrars dagar og heilt til no har skulda vår vore stor. Fordi vi har synda, har vi og kongane og prestane våre vorte gjevne i hendene på framande kongar. Vi har kome ut for sverd, fangenskap, plyndring og vanære, så som det er i dag. Men no har Herren vår Gud ei lita stund vore nådig mot oss og late ein rest av oss sleppa unna. Han har gjeve oss fotfeste på den heilage staden, har fått augo våre til å stråla og gjeve oss ny kraft i vår trældom. For vi er trælar, men vår Gud har ikkje sleppt oss i trældomen. Han har late persarkongane få godvilje for oss, så dei gav oss mot og kraft til å byggja opp att templet for vår Gud og reisa det or røysane, og han laga det så at dei gjorde Judea og Jerusalem til ein trygg bustad for oss. Kva skal vi no seia etter dette, vår Gud? Vi har brote dine bod, som du gav gjennom tenarane dine, profetane, då du sa: Det landet som de dreg inn i og skal ta i eige, er ureint. Dei framande folka har fylt det med avgudsdyrking og annan styggedom og gjort det ureint frå ende til annan. Difor skal de ikkje gifta bort døtrene dykkar til menn av det framande folket. De skal heller ikkje finna koner til sønene dykkar mellom dei og aldri hjelpa dei til velferd og lukke. Då skal de verta sterke og få nyta alt det gode i landet, og borna dykkar skal få det til odel og eige for alltid. Mykje har kome over oss fordi gjerningane våre har vore vonde og skulda vår er stor. Men du, vår Gud, har ikkje gjeve oss den straff vi var verde for våre misgjerningar, og nokre av oss har du late sleppa unna. Skulle vi då atter bryta dine bod og ha samgifte med folk som fer med slik styggedom? Då ville du harmast og gjera ende på oss, så ingen vart att og ingen slapp unna. Herre, Israels Gud, du er rettferdig. Difor er vi i dag ein rest som har sloppe unna. Sjå, no stig vi fram for deg med vår skuld. Etter det som har hendt, kan ingen verta ståande for deg. Medan Esra låg gråtande framfor Guds hus og bad og sanna synda åt folket, samla det seg kring han ei stor mengd med israelittar, menn, kvinner og born, og folket gret sårt. Sjekanja, son til Jehiel, som høyrde Elam-ætta til, tok då til ords og sa til Esra: «Vi har vore trulause mot vår Gud og teke oss koner mellom dei framande folka her i landet. Likevel er det enno von for Israel. Lat oss no gje Gud den høgtidelege lovnaden at vi skal senda frå oss alle desse konene og borna deira. Det er det rådet vi har fått frå Herren, og av dei mennene som har age for bodet frå vår Gud. Lat oss fara fram etter lova. Stå opp, for det er du som må syta for dette, men vi skal hjelpa deg. Ver ved godt mot og gå til verket!» Då reiste Esra seg og lét dei øvste prestane og levittane og hovdingane over heile Israel gjera eid på at dei skulle fara åt som det var sagt; og dei gjorde eid på det. Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i romet åt Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over, og han smaka korkje mat eller drikke; for han syrgde over utruskapen åt dei heimkomne. Så sende dei ut melding til alle som var komne heim til Judea og Jerusalem, at dei skulle samlast i Jerusalem. Hovdingane og dei eldste hadde avgjort at den som ikkje kom innan tre dagar, skulle få all sin eigedom bannlyst og sjølv verta utestengd frå lyden av dei heimkomne. Alle mennene frå Juda og Benjamin samla seg no i Jerusalem på tre dagar. Den tjuande dagen i den niande månaden sat alt folket på plassen framfor Guds hus, og dei skalv både på grunn av denne saka og fordi det regnde. Då reiste presten Esra seg og sa: «De har vore trulause og teke framande kvinner til koner; såleis har de gjort Israels skuld stor. Sanna no synda for Herren, dykkar fedrars Gud, og gjer som han vil! Skil dykk frå dei andre folka her i landet og frå dei framande kvinnene!» Alt folket som var samla, svara då med høg røyst: «Ja, det er vår skyldnad å gjera som du seier. Men folket er talrikt, og det er regntid; vi orkar ikkje å stå her ute lenger. Dette er ikkje gjort på ein dag eller to; for vi er mange som har synda i dette stykket. Lat difor hovdingane svara for heile folket. Så kan alle som bur i byane og har teke framande kvinner til koner, møta fram til fastsette tider saman med dei eldste og domarane i kvar by. Såleis skal vi få bort vår Guds brennande vreide som er over oss på grunn av det vi har gjort.» Berre Jonatan, son til Asael, og Jakseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai heldt med dei. Men dei heimkomne gjorde som det var sagt. Presten Esra valde ut nokre menn som var hovdingar for kvar si ætt, og alle vart nemnde med namn. Dei kom saman den fyrste dagen i den tiande månaden og tok til med granskingsarbeidet. Og den fyrste dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med alle dei mennene som hadde gift seg med framande kvinner. Dei fann at desse prestesønene hadde gift seg med framande kvinner: Ma’aseja, Elieser, Jarib og Gedalja, søner og brør til Josva, son til Josadak. Dei lova med handslag at dei skulle senda frå seg konene sine, og bar fram ein ver som skuldoffer. Av Immer-ætta Hanani og Sebadja; av Harim-ætta Ma’aseja, Elia, Sjemaja, Jehiel og Ussia; av Pasjkur-ætta Eljoenai, Ma’aseja, Ismael, Netanel, Josabad og Elasa. Av levittane: Josabad, Sjimi, Kelaja – det er den same som Kelita – Petakja, Juda og Elieser. Av songarane: Eljasjib, og av portvaktarane: Sjallum, Telem og Uri. Av dei andre israelittane: Av Parosj-ætta Ramja, Jissia, Malkia, Mijjamin, Elasar, Malkia og Benaja; av Elam-ætta Mattanja, Sakarja, Jehiel, Abdi, Jeremot og Elia; av Sattu-ætta Eljoenai, Eljasjib, Mattanja, Jeremot, Sabad og Asisa; av Bebai-ætta Johanan, Hananja, Sabbai og Atlai; av Bani-ætta Mesjullam, Malluk, Adaja, Jasjub, Sjeal og Jeremot; av Pakat-Moab-ætta Adna, Kelal, Benaja, Ma’aseja, Mattanja, Besalel, Binnui og Manasse; av Harim-ætta Elieser, Jisjia, Malkia, Sjemaja, Simeon, Benjamin, Malluk og Sjemarja; av Hasjum-ætta Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse og Sjimi; av Bani-ætta Ma’adai, Amram, U’el, Benaja, Bedja, Keluhu, Vanja, Meremot, Eljasjib, Mattanja, Mattenai og Ja’asai; av Binnui-ætta Sjimi, Sjelemja, Natan, Adaja, Maknadbai, Sjasjai, Sjarai, Asarel, Sjelemja, Sjemarja, Sjallum, Amarja og Josef; av Nebo-ætta Je’iel, Mattitja, Sabad, Sebina, Jaddai, Joel og Benaja. Alle desse hadde gift seg med framande kvinner, men no sende dei frå seg både konene og borna. Soga åt Nehemja, son til Hakalja: I det tjuande året, i kislev månad, medan eg var i Susa-borga, kom Hanani, ein av frendane mine, og nokre andre menn frå Juda. Eg spurde dei då korleis det stod til med dei jødane som hadde vore i fangenskap, men no var heimkomne, og korleis det stod til i Jerusalem. Dei svara: «Dei som slapp ut or fangenskapet, og som no bur der i landet, lever i stor naud og vanære. Muren kring Jerusalem er nedriven, og portane er brende.» Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg syrgde i fleire dagar og fasta og bad til Gud i himmelen. Eg sa: Å Herre, Gud i himmelen, du store og agelege Gud, du som held di pakt og gjer vel mot dei som elskar deg og held dine bod! Lat øyra ditt vera grannhøyrt og augo dine opne, så du høyrer bøna åt tenaren din, den som eg bed til deg både dag og natt for israelittane, tenarane dine. Eg sannar dei synder som vi israelittar har gjort mot deg. Både eg og farsætta mi har synda. Vi har bore oss ille åt mot deg og ikkje halde dei bod og føresegner og lover som du gav Moses, tenaren din. Kom i hug det ordet du tala til Moses, tenaren din, då du sa: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka. Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, då skal eg samla dykk, om de så er bortdrivne til verdsens ende, og føra dykk til den staden eg har valt til bustad åt namnet mitt.» Dei er då tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og di sterke hand. Å Herre, høyr bøna åt tenaren din og tenarane dine, som gjerne vil ottast namnet ditt. Lat tenaren din ha lukka med seg i dag, og lat meg møta miskunn hjå denne mannen! Då dette hende, var eg munnskjenkjar hjå kongen. Ein dag i nisan månad, i det tjuande året Artaxerxes var konge, vart det sett fram vin for kongen, og eg tok og rette han vinen. Eg hadde aldri før sett sturen ut når eg stod framfor kongen. Då sa han til meg: «Kvifor er du så sturen? Du er då ikkje sjuk. Dette kan ikkje vera anna enn hjartesut.» Då vart eg svært redd og sa til kongen: «Gjev kongen må leva evig! Lyt eg ikkje vera sturen når den byen der fedrane mine er gravlagde, ligg i røys, og portane er brende?» Kongen spurde: «Kva er det du ynskjer?» Då bad eg til Gud i himmelen, og eg sa til kongen: «Om kongen så synest, og du har godvilje for tenaren din, så lat meg få fara til Judea, til den byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.» Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han, kor lenge ferda ville vara, og når eg kom att. Eg nemnde ei viss tid, og kongen tykte vel om dette og gav meg lov til å fara. Så sa eg til kongen: «Om kongen går med på det, så lat meg få med brev til statthaldarane vestanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom landa sine til Judea. Eg bed òg om brev til Asaf, han som har tilsyn med skogane åt kongen, at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane som fører inn til tempelborga, til bymuren og til det huset eg skal bu i.» Og kongen gav meg det. For min Gud heldt si gode hand over meg. Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg. Men då Sanballat frå Bet-Horon og Tobia, tenestemannen frå Ammon, fekk høyra dette, vart dei arge. Dei tykte det var harmeleg at det hadde kome ein mann som ville stella det godt for israelittane. Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar. Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på. Midt på natta drog eg ut gjennom Dalporten, framom Drakekjelda og til Oskeporten. Eg såg på Jerusalems murar som var nedrivne, og på portane som var brende. Så reid eg over til Kjeldeporten og til Kongedammen. Men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg. Same natta fór eg opp gjennom dalen og såg på muren, men snudde så om og kom attende gjennom Dalporten. Forstandarane visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg tok meg føre. For eg hadde endå ikkje nemnt noko om dette til jødane, korkje til prestane eller stormennene, forstandarane eller dei andre som hadde med arbeidet å gjera. Men no sa eg til dei: «De ser sjølve kor ille det står til med oss. Jerusalem ligg i røys, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger skal vera til spott og spe.» Og eg fortalde dei korleis min Gud hadde halde si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Vi vil gå i gang og byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket med full kraft. Men då Sanballat frå Bet-Horon, Tobia, tenestemannen frå Ammon, og Gesjem frå Arabia fekk høyra det, spotta og vanvørde dei oss. Dei sa: «Kva er det de gjer? Vil de gjera opprør mot kongen?» Då svara eg: «Gud i himmelen, han vil la det lukkast for oss, og vi som tener han, vil gå i gang og byggja. Men de har ingen del og ingen rett i Jerusalem, og de skal ikkje få noko ettermæle der.» Eljasjib, øvstepresten, og brørne hans, prestane, gjekk no i gang og bygde Saueporten. Dei vigde han og sette inn dørene. Så heldt dei fram til Mea-tårnet og Hananel-tårnet, som dei òg vigde. Jamsides med dei arbeidde mennene frå Jeriko og attmed dei Sakkur, son til Imri. Fiskeporten vart bygd av mennene frå Sena’a. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå. Jamsides med dei arbeidde Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, attmed han Mesjullam, son til Berekja og soneson til Mesjesabel, og så Sadok, son til Ba’ana. Jamsides med dei arbeidde folket frå Tekoa; men stormennene deira bøygde ikkje nakken under arbeidet for herren sin. Jojada, son til Paseak, og Mesjullam, son til Besodja, vølte Gamleporten. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå. Jamsides med dei arbeidde Melatja frå Gibeon, Jadon frå Meronot og mennene frå Gibeon og Mispa, som høyrde inn under statthaldaren vestanfor Eufrat. Jamsides med dei arbeidde gullsmeden Ussiel, son til Harhaja, og attmed han Hananja, ein av salveblandarane. Dei bygde opp att byen fram til Den breie muren. Jamsides med dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var hovding over den eine halvparten av Jerusalems-området. Attmed han, midt for sitt eige hus, arbeidde Jedaja, son til Harumaf, og så Hattusj, son til Hasjabneja. Eit anna stykke av muren vart vølt av Malkia, son til Harim, og Hasjub, son til Pakat-Moab. Dessutan vølte dei Omnstårnet. Jamsides med dei arbeidde Sjallum, son til Hallokesj, hovdingen over den andre halvparten av Jerusalems-området, og døtrene hans. Dalporten vart vølt av Hanun og Sanoah-buane. Dei bygde han opp att og sette inn dører med lås og slå. Dei vølte bymuren heilt ned til Oskeporten, eit stykke på tusen alner. Oskeporten vart vølt av Malkia, son til Rekab, hovdingen over Bet-Hakkerem-området. Han bygde opp att porten og sette inn dører med lås og slå. Kjeldeporten vart vølt av Sjallun, son til Kol-Hose, hovdingen over Mispa-området. Han bygde opp att porten, la tak på han og sette inn dører med lås og slå. Han vølte òg muren frammed Sjelah-dammen ved kongshagen heilt bort til den troppa som går ned frå Davids-byen. Bortanfor han arbeidde Nehemja, son til Asbuk, hovdingen over den eine halvparten av Bet-Sur-området. Han vølte muren ned til Davids-gravene, til den gravne dammen og til krigarhuset. Lenger borte arbeidde levittane: Rehum, son til Bani, og attmed han Hasjabja, som stod for den halvparten av Ke’ila som han var hovding over. Bortanfor dei arbeidde brørne deira: Bavvai, son til Henadad, hovdingen over den andre halvparten av Ke’ila-området, og attmed han vølte Eser, son til Jesjua, hovdingen over Mispa, eit anna stykke, frå midt for oppgangen til våpenhuset i Kroken. Etter han kom Baruk, son til Sakkai, som med stor iver vølte eit anna stykke, frå Kroken og til døra på huset åt øvstepresten Eljasjib. Etter han kom Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, som vølte eit anna stykke, frå døra på huset åt Eljasjib og til enden av huset hans. Lenger borte arbeidde dei prestane som budde nær Jerusalem. Etter dei kom Benjamin og Hasjub, som arbeidde midt for sitt eige hus. Så kom Asarja, son til Ma’aseja og soneson til Ananja, som arbeidde frammed sitt hus. Etter han kom Binnui, son til Henadad, som vølte eit anna stykke, frå huset åt Asarja til Kroken og Hjørnet. Palal, son til Usai, arbeidde midt for Kroken og det tårnet som skyt fram frå den øvre delen av slottet ved vaktgarden. Etter han kom Pedaja, son til Parosj. Tempeltenarane som budde på Ofel, vølte muren til midt for Vassporten i aust og det framskotne tårnet. Så kom mennene frå Tekoa, som vølte eit anna stykke, frå det store og framskotne tårnet og til Ofel-muren. Ovanfor Hesteporten arbeidde prestane, kvar framfor sitt eige hus. Etter dei kom Sadok, son til Immer, som arbeidde midt for sitt hus, og etter han Sjemaja, son til Sjekanja, som hadde vakthaldet ved Austporten. Etter han kom Hananja, son til Sjelemja, og Hanun, sjette sonen til Salaf, som vølte eit anna stykke, og så Mesjullam, son til Berekja, som arbeidde midt for romet sitt. Etter han kom Malkia, ein av gullsmedane, som vølte muren fram til huset åt tempeltenarane og kjøpmennene, midt for Mønstringsporten, og vidare til Hjørnesalen. Mellom Hjørnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedane og kjøpmennene. Då Sanballat fekk høyra at vi bygde på muren, vart han arg og sint. Han spotta jødane og sa til frendane sine og til stridsmennene i Samaria: «Kva er det desse usle jødane driv på med? Skal dei få byggja opp att muren? Skal dei få ofra og fullføra verket i dag? Tru dei vil blåsa liv i steinane frå grushaugane på branntufta?» Ammonitten Tobia, som stod attmed han, sa: «Lat dei byggja så mykje dei vil! Berre ein rev hoppar oppå, riv han ned steinmuren deira!» «Høyr, vår Gud, korleis vi vert spotta! Lat spotten koma attende på dei sjølve! Lag det så at dei vert røva og førte fanga til framandt land! Løyn ikkje skulda deira, og lat ikkje synda deira verta utstroken for ditt åsyn! For dei har krenkt deg med si framferd mot bygningsmennene.» Så bygde vi på muren og skøytte han i hop i halv høgd heilt rundt. Folket gjekk med godt mot til arbeidet. Men då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og mennene frå Asjdod fekk høyra at arbeidet på murane kring Jerusalem skreid fram, og at rivnene tok til å fyllast, vart dei brennande harme. Dei slo seg i hop alle som ein og svor på at dei ville fara opp og strida mot Jerusalem og skapa uro der. Men vi bad til vår Gud og sette ut vaktpostar både dag og natt, så vi kunne halda dei borte. Då sa folket i Judea: «Krafta sviktar hjå berarane; her er for mykje som ligg i røys. Vi orkar ikkje byggja på muren lenger.» Og motstandarane våre sa: «Dei må ikkje sjå eller skjøna noko før vi står midt imellom dei og høgg dei ned og såleis gjer ende på arbeidet.» Då kom dei jødane som budde tett attmed dei, gong på gong og sa: «Dei kjem imot oss frå alle stadene der dei bur.» Då lét eg folket stella seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei fylka seg ætt for ætt med sverd og spyd og bogar. Då eg såg dei stå der, steig eg fram og sa til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og agelege, og strid for brør, søner og døtrer, koner og heimar!» Då fiendane våre fekk høyra at vi visste kva dei emna på, og Gud såleis hadde hindra dei i å setja planane i verk, vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid. Frå den dagen arbeidde berre halvparten av dei unge mennene mine på muren, medan den andre halvparten stod der med spyd og skjold og bogar og med brynjer. Hovdingane stod bak heile Juda-folket, som bygde på muren. Og berarane arbeidde med den eine handa, og med den andre heldt dei våpenet. Kvar murar arbeidde med sverd ved lend. Og hornblåsaren stod attmed meg. Då sa eg til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidfemnande, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre. Når de høyrer hornet ljomar, kvar de så er, skal de samla dykk kring oss, og vår Gud vil strida for oss.» Så dreiv vi då på med arbeidet medan halvparten av folket stod der med spyda sine, frå morgonroden synte seg til stjernene kom fram. Samstundes sa eg til folket: «De lyt vera i Jerusalem om natta, både de og tenarane dykkar, så de kan halda vakt om natta og arbeida om dagen.» Sjølve kom vi aldri ut or kleda, korkje eg eller frendane og tenarane mine eller vaktmennene som fylgde meg. Kvar mann hadde våpen i hand. På den tid kom mange menn og konene deira med sterke klagemål mot landsmennene sine, dei andre jødane. Somme sa: «Vi og sønene og døtrene våre er mange. Lat oss få korn, så vi har noko å eta og kan berga livet.» Andre sa: «Markene og vingardane og husa våre har vi sett i pant, så vi kunne få korn og stilla svolten.» Atter andre sa: «Vi har lånt pengar på markene og vingardane våre, så vi kunne betala skatten til kongen. Vi er då av same kjøt og blod som landsmennene våre, og våre born er som deira. Likevel må vi selja sønene og døtrene våre til trælar. Ja, nokre av døtrene våre har alt vorte vanæra. Og vi kan ikkje hindra det, fordi markene og vingardane våre høyrer andre til.» Då eg høyrde klagemåla deira og det dei fortalde, vart eg brennande harm. Etter at eg hadde tenkt over dette, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: «De legg bører på landsmennene dykkar!» Så lyste eg til eit stort folkemøte mot dei og sa: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, jødane, som var selde til andre folk. Men de sel landsmennene dykkar, så vi må kjøpa dei fri att.» Då tagde dei og visste ikkje kva dei skulle svara. Så sa eg: «Det er ikkje rett det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i age for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal få grunn til å spotta oss? Eg og brørne mine og mennene mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss stryka den skulda! Lat dei i denne dag få att markene, vingardane, olivenhagane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar av pengar, korn, druesaft og olje som de har lånt dei.» Dei svara: «Ja, vi skal gje det att og ikkje krevja noko av dei. Vi skal gjera som du seier.» Då kalla eg fram prestane, og med dei til stades lét eg hine sverja på at dei skulle halda lovnaden sin. Eg riste jamvel brystlomma på kappa mi tom og sa: «Så skal det gå kvar mann som ikkje held denne lovnaden: Gud skal rista han ut or huset og eigedomen hans; så rist og tømd skal han verta.» Heile lyden sa: «Amen!» og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket som dei hadde sagt. Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i Judea, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, gjorde korkje eg eller frendane mine krav på det underhaldet som ein statthaldar har rett til. Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt tunge bører på folket. Fyrst tok dei brød og vin frå dei og sidan førti sekel sølv. Jamvel mennene deira var harde med folket. Men det var ikkje eg; for eg hadde age for Gud. Men eg var med og arbeidde på denne muren, endå eg ikkje åtte jord. Og alle mennene mine var samla til arbeidet der. Hundre og femti mann av jødane og forstandarane åt ved mitt bord, forutan dei som kom til oss frå grannelanda våre. Kvar dag gjekk det med ein okse, seks utvalde sauer og nokre fuglar, og kvar tiande dag ei nøgd med vin av alle slag. Alt dette kosta eg. Likevel gjorde eg ikkje krav på det underhald som statthaldaren har rett til. For arbeidet kvilte tungt på folket mitt. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg har gjort for dette folket! Sanballat, Tobia, arabaren Gesjem og dei andre fiendane våre fekk høyra at eg hadde bygt opp att muren, og at det ikkje fanst nokon brest i han meir – berre at eg til den tid ikkje hadde sett inn dører i portane. Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg og bad meg koma til eit møte med dei i Hakkefirim i Ono-dalen. Men dei tenkte berre på å skada meg. Eg sende nokre menn til dei og svara: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stogga dersom eg gjekk frå det og drog ned til dykk.» Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong gav eg same svaret. Femte gongen sende Sanballat meg eit liknande bod. Men no hadde tenaren hans eit ope brev med seg. Der stod det skrive: «Det går ord mellom folka, og Gesjem stadfester det, at du og jødane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer opp att muren. Det seiest at du vil verta kongen deira. Du skal jamvel ha sett nokre profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Judea. Dette får nok kongen snart høyra. Så kom då og lat oss samrådast!» Men eg sende dette svaret til Sanballat: «Det har ikkje hendt noko slikt som det du talar om. Det er noko du har funne på sjølv.» For dei la seg alle ut om å skræma oss. Dei tenkte at vi då ville verta trøytte og halda opp med arbeidet, så det ikkje vart fullført. Men eg heldt ihuga fram med arbeidet. Ein dag kom eg til Sjemaja, son til Delaja og soneson til Mehetabel; for han måtte halda seg heime i huset sitt. Då sa han: «Lat oss gå saman til Guds hus, inn i tempelhalla, og lat oss stengja dørene der! For dei kjem og vil drepa deg; i denne natt kjem dei og vil drepa deg.» Men eg svara: «Skulle ein mann som eg røma? Og korleis kunne ein mann som eg gå inn i templet utan å missa livet? Nei, eg går ikkje dit.» For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han, men at han bar fram denne spådomen om meg fordi Tobia og Sanballat hadde leigt han til det. Han hadde fått betaling for å skræma meg til å gjera som han sa, og dermed synda. Så kunne dei få sett eit uord på meg og spotta meg. – Min Gud, kom i hug kva Tobia og Sanballat har gjort, og at profetkvinna Noadja og dei andre profetane la seg ut om å skræma meg. Femtito dagar etter at vi tok til med arbeidet, stod muren ferdig, den tjuefemte dagen i elul månad. Då alle fiendane våre fekk høyra det, og alle folka som budde ikring oss, fekk sjå det, då seig dei mykje i eigen vørdnad, og dei skjøna at arbeidet var gjort med hjelp frå vår Gud. På den tid skreiv òg stormennene i Judea ei mengd med brev som gjekk til Tobia, og dei fekk brev att frå han. For mange menn i Judea hadde svore han truskap. Sjølv var han verson til Sjekanja, son til Arak, og Johanan, son hans, hadde gift seg med dotter til Mesjullam, son til Berekja. Dei tala til meg om kor mykje godt det var med han, og alt det eg sa, bar dei attende til han. Tobia sende òg brev for å skræma meg. Som no muren var bygd, og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktarane, songarane og levittane sette til yrket sitt. Til å stå for styret i Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og saman med han Hananja, borghovdingen. For han var ein påliteleg mann og ottast Gud meir enn dei fleste. Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola står høgt på himmelen; og før sola glader, skal dørene stengjast og låsast. De skal ta nokre av Jerusalems-buane og setja dei til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.» Byen hadde vide grenser, men dei som budde der, var få, og husa var endå ikkje oppattbygde. Då gav Gud meg den tanken at eg skulle samla stormennene og forstandarane og alt folket, så dei kunne verta oppskrivne i ættelister. Eg fann boka med listene over dei som fyrst var komne heim, og der stod det skrive: Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i framandt land. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, førte dei dit, og no er dei komne attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by. Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Ra’amja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Ba’ana. Dette er talet på Israels-mennene: Av Parosj-ætta 2 172, av Sjefatja-ætta 372, av Arak-ætta 652, av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 818, av Elam-ætta 1 254, av Sattu-ætta 845, av Sakkai-ætta 760, av Binnui-ætta 648, av Bebai-ætta 628, av Asgad-ætta 2 322, av Adonikam-ætta 667, av Bigvai-ætta 2 067, av Adin-ætta 655, av Ater-ætta, etterkomarar etter Hiskia, 98, av Hasjum-ætta 328, av Besai-ætta 324, av Harif-ætta 112. Frå Gibeon 95 menn, frå Betlehem og Netofa 188, frå Anatot 128, frå Bet-Asmavet 42, frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot 743, frå Rama og Geba 621, frå Mikmas 122, frå Betel og Ai 123, frå det andre Nebo 52, av den andre Elam-ætta 1 254, av Harim-ætta 320, frå Jeriko 345, frå Lod, Hadid og Ono 721, av Sena’a-ætta 3 930. Prestane: Av Jedaja-ætta, etterkomarar etter Josva, 973, av Immer-ætta 1 052, av Pasjkur-ætta 1 247, av Harim-ætta 1 017. Levittane: Av Josva-ætta, etterkomarar etter Kadmiel, av Hodavja-sønene, 74. Songarane: Av Asaf-ætta 148. Portvaktarane: Av ættene Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 138. Tempeltenarane: Av ættene Sika, Hasufa, Tabbaot, Keros, Sia, Padon, Lebana, Hagaba, Sjalmai, Hanan, Giddel, Gahar, Reaja, Resin, Nekoda, Gassam, Ussa, Paseak, Besai, Maon, Nafus, Bakbuk, Hakufa, Harhur, Baslit, Mekida, Harsja, Barkos, Sisera, Tamak, Nesiak og Hatifa. Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Soferet, Perida, Ja’ala, Darkon, Giddel, Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon. Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392. Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til: Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 642, og av prestane: etterkomarane etter Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360, forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. Det var òg 245 songarar og songarinner. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr, 435 kamelar og 6 720 esel. Nokre av ættehovdingane kom med gåver til tempeltenesta. Statthaldaren gav 1 000 gulldrakmar, 50 offerskåler, 30 presteskrud og 500 sølvminer til tempelkassa. Andre ættehovdingar la 20 000 gulldrakmar og 2 200 sølvminer i arbeidskassa. Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2 000 sølvminer og 67 presteskrud. Prestane, levittane, portvaktarane og songarane busette seg i byane sine. Det same gjorde nokre av folket, tempeltenarane og alle dei andre israelittane. Då den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine, samla dei seg alle som ein på torget framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel. Og presten Esra bar fram lova for lyden, både for menn og kvinner og alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den fyrste dagen i den sjuande månaden. Han stod på torget framfor Vassporten frå tidleg om morgonen til midt på dagen og las opp or lova for mennene og kvinnene og alle som kunne skjøna det. Og heile folket lydde vel etter det som stod i lovboka. Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre, som dei hadde laga til det. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam. Esra slo opp boka så heile folket såg det; for han stod høgare enn dei andre. Med det same han opna henne, reiste alt folket seg. Esra lova Herren, den store Gud, og folket lyfte hendene og sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei kne og kasta seg ned for Herren med andletet mot jorda. Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Ma’aseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja la ut lova for folket medan det stod der. Dei las opp or Guds lovbok, stykke for stykke, og tolka det som vart lese, så folket skjøna det. Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som lærte folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er helga til Herren dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova. Så sa Esra til dei: «Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.» Levittane roa folket. «Ver stille,» sa dei, «og syrg ikkje, for dette er ein heilag dag.» Så gjekk alt folket bort. Dei åt og drakk, sende gåver og heldt ei stor gledehøgtid. For dei hadde skjøna det som vart sagt dei. Dagen etter kom ættehovdingane i heile folket og prestane og levittane saman hjå Esra, den skriftlærde. Dei ville granska nøgnare det som stod i lova. Då fann dei skrive i lova som Herren hadde gjeve Moses, at israelittane skulle bu i lauvhytter på høgtida i den sjuande månaden. Dei skulle ropa ut og gjera kjent i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og henta lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvrike tre, og lag hytter, som skrive står!» Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei laga seg hytter, kvar på sitt tak og i sitt tun. Det same gjorde dei i føregardane til Guds hus, på torget framfor Vassporten og på torget ved Efraims-porten. Heile lyden som var komen heim att or fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Det hadde israelittane aldri gjort frå Josva Nunssons tid og til den dagen. Og dei var jublande glade. Dag etter dag las Esra opp or Guds lovbok, frå den fyrste til den siste dagen. I sju dagar heldt folket helg og den åttande dagen ei høgtidssamling, som føreskrive var. Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg og heldt faste, i botsklede og med mold på hovudet. Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle framande. Dei steig fram og sanna syndene sine og misgjerningane åt fedrane sine. Ein fjerdepart av dagen stod dei kvar på sin stad og høyrde på dei som las opp or lovboka åt Herren deira Gud. Og ein annan fjerdepart av dagen sanna dei syndene sine og tilbad Herren sin Gud. Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på den tramen som var laga til levittane, og ropa med høg røyst til Herren sin Gud. Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petakja: Reis dykk ¬og lova Herren dykkar Gud, han som er frå æve til æve. Ja, lova vere ditt herlege namn, som er opphøgt ¬over all lovprising. Einast du er Herren. Du har skapt himmelen, den høge himmel ¬og heile hans hær, jorda og alt som er på den, havet og alt som er i det. Du held liv i alle ting, og himmelhæren tilbed deg. Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram, henta han frå Ur i Kaldea og gav han namnet Abraham. Du såg at han var trufast ¬mot deg. Difor gjorde du pakt med han og lova at du ville gje hans ætt landet åt kanaanearane, hetittane, amorittane, ¬perisittane, jebusittane og girgasjittane. Og du heldt din lovnad, for du er rettferdig. Du såg kor mykje vondt våre fedrar leid i Egypt, du høyrde deira rop ¬ved Sevsjøen. Du gjorde teikn og under ¬med farao, med mennene hans ¬og alt folket i landet. For du visste kor harde dei hadde vore med våre fedrar. Då vann du deg eit namn, som du har den dag i dag. Du kløyvde sjøen framfor dei, dei gjekk igjennom ¬på turre botnen. Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet; dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet. Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen, om natta lét du ei eldstøtte lysa på vegen dei skulle gå. Du steig ned på Sinai-fjellet og tala med dei frå himmelen. Du gav dei rette ordningar og pålitelege lover, gode føresegner og bod. Du kunngjorde for dei ¬din heilage sabbat; og gjennom Moses, tenaren din, gav du dei bod ¬og føresegner og lover. Du gav dei brød frå himmelen når dei var svoltne, og lét vatn strøyma fram ¬frå berget når dei var tyrste. Du baud dei dra inn og ta i eige det landet ¬som du med opplyft hand hadde lova at du ville gje dei. Men fedrane våre ¬var eit stolt og stridlyndt folk, dei høyrde ikkje på dine bod. Dei ville ikkje lyda ¬og kom ikkje i hug dei under du hadde gjort ¬for dei. Stridlyndte var dei ¬og sette seg føre å fara attende ¬til trældomen i Egypt. Men du er ein Gud som tilgjev, du er nådig og mild, langmodig og rik på miskunn, og du gjekk ikkje ifrå dei. Dei støypte seg jamvel ein kalv og sa: «Dette er guden din, han som førte deg opp ¬frå Egypt.» Og dei spotta deg grovt. Men du var like mild og gjekk ikkje frå dei ¬i øydemarka. Skystøtta veik ikkje frå dei ¬om dagen, men leidde dei på vegen; og eldstøtta veik ikkje frå dei ¬om natta, men lyste opp vegen ¬dei skulle gå. Du rettleidde dei ¬med din gode Ande, du gav dei manna til mat og lét dei få vatn ¬når dei var tyrste. Du sytte for dei i førti år, i øydemarka sakna dei ¬ingen ting. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene deira hovna ikkje. Du gav dei folk og kongerike som du lét dei få til grenseland. Dei la under seg landet ¬åt Sihon, kongen i Hesjbon, og landet åt Og, kongen i Basan. Du gjorde deira etterkomarar talrike som stjernene ¬på himmelen. Du førte dei inn i det landet som du hadde lova deira fedrar at dei skulle koma og ta i eige. Så kom då etterkomarane deira og la under seg landet. Kanaanearane som budde der, tvinga du i kne for dei. Kongane og folka i landet gav du i deira vald, så dei kunne gjera med dei ¬som dei ville. Dei tok festningsbyar ¬og grøderik jord og eigna til seg hus som var fulle av gode ting, uthogne brunnar og vingardar, oliventre og frukttre i mengd. Dei åt og vart gode og mette, og levde høgt på dine ¬rike gåver. Men så vart dei trassige og sette seg opp mot deg; dei vende ryggen til di lov. Dei drap profetane dine, som åtvara dei og ville føra dei attende til deg. Og dei spotta deg grovt. Då gav du dei over til fiendar, som var harde med dei. Men i si naud og trengsle ropa dei til deg, og du høyrde dei frå himmelen. I di store miskunn sende du dei bergingsmenn, som frelste dei ¬frå fiendane deira. Men så snart dei hadde fått ro, gjorde dei atter det som vondt var i dine augo. Og du gav dei over til fiendar, som heldt dei i trældom. Men når dei på nytt ropa til deg, høyrde du det frå himmelen og berga dei gong på gong i di store miskunn. Du åtvara folket; for du ville føra dei attende til di lov. Men dei var hovmodige og lydde ikkje dine bod. Dei synda mot dine lover, som gjev mennesket liv når det held dei. Dei vende ryggen til i trass; stridlyndte var dei ¬og ville ikkje høyra. I mange år bar du over med dei; du åtvara dei ved din Ande gjennom profetane dine. Men då dei ikkje ville høyra, gav du dei over ¬til framande folk. Men i di store miskunn gjorde du ikkje ende på dei, og du sleppte dei ikkje. For du er ein mild ¬og nådig Gud. Og no, vår Gud, du store, ¬mektige og agelege Gud, du som held di pakt og lèt di miskunn vara ved, rekna det ikkje for smått, alt det vonde som har råka oss frå den tid ¬assyrarkongane rådde, og til denne dag, råka våre kongar og hovdingar, våre prestar og profetar, våre fedrar og heile folket. Du var rettferdig i alt det som hende oss. For du var trufast om vi fór gudlaust fram. Våre kongar og hovdingar, våre prestar og våre fedrar heldt seg ikkje etter di lov; dei akta ikkje på dine bod og dei åtvaringar du gav dei. Endå dei fekk bu i sitt eige rike, og du hadde unnt dei ¬så mykje godt i det vide og grøderike landet som du hadde gjeve dei, så tente dei deg ikkje og vende ikkje om ¬frå si vonde åtferd. Difor er vi trælar i dag; vi er trælar i det landet ¬du gav våre fedrar, så dei skulle nyta ¬landsens frukter og alt det gode som finst der. Den rike grøda i landet går no til dei kongane som du har sett over oss for våre synder skuld. Dei råder etter eige tykke over oss og feet vårt. Vi er i stor naud. Etter alt dette gjer vi ein bindande avtale og skriv han opp. Vi set segl på skrivet, og stormennene, levittane og prestane våre skriv under. Dei som skreiv under, var: statthaldaren Nehemja, son til Hakalja, Sidkia, Seraja, Asarja, Jeremia, Pasjkur, Amarja, Malkia, Hattusj, Sjebanja, Malluk, Harim, Meremot, Obadja, Daniel, Ginneton, Baruk, Mesjullam, Abia, Mijamin, Ma’asja, Bilgai og Sjemaja. Dette var prestane. Levittane var: Josva, son til Asanja, Binnui av Henadad-ætta og Kadmiel og frendane deira: Sjebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan, Mika, Rehob, Hasjabja, Sakkur, Sjerebja, Sjebanja, Hodia, Bani og Beninu. Stormennene i folket var: Parosj, Pakat-Moab, Elam, Sattu, Bani, Bunni, Asgad, Bebai, Adonja, Bigvai, Adin, Ater, Hiskia, Assur, Hodia, Hasjum, Besai, Harif, Anatot, Nebai, Magpiasj, Mesjullam, Hesir, Mesjesabel, Sadok, Jaddua, Pelatja, Hanan, Anaja, Hosea, Hananja, Hasjub, Hallokesj, Pilka, Sjobek, Rehum, Hasjabna, Ma’aseja, Akia, Hanan, Anan, Malluk, Harim og Ba’ana. Resten av folket – prestane, levittane, portvaktarane, songarane, tempeltenarane og alle dei som hadde skilt seg frå dei framande folka og ville leva etter Guds lov, og like eins konene og sønene og døtrene deira, alle som hadde godt nok vit – dei slutta seg til dei fremste mennene i landet og svor dyrt og heilagt at dei ville fylgja Guds lov, som var gjeven ved Moses, Guds tenar. Dei ville halda alle boda frå Herren vår Gud, alle lovene og føresegnene hans, og leva etter dei: Vi skal ikkje gje døtrene våre til menn av framande folkeslag og ikkje ta døtrene deira til koner åt sønene våre. Når framande folk kjem med allslags korn og andre varer og vil selja det på sabbaten, skal vi ikkje kjøpa av dei, korkje på sabbaten eller på andre helgedagar. Kvart sjuande år skal vi la jorda kvila og ettergje all gjeld. Like eins tek vi på oss den plikta at vi kvart år skal betala ein tredjedels sekel til tenesta i vår Guds hus, til skodebrøda, det daglege grødeofferet og brennofferet, til offera på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, til dei heilage gåvene og til syndoffera som vert framborne til soning for Israel, og til alt arbeidet i vår Guds hus. Vi, prestane, levittane og folket skal kasta lodd om ved-haldet til vår Guds hus. Huslyd for huslyd skal år etter år, til fastsette tider, koma med veden og såleis syta for brensel på altaret åt Herren vår Gud, som føreskrive er i lova. Kvart år skal vi koma til Herrens hus med den fyrste grøda av jorda vår og dei fyrste mogne fruktene av alle slag tre. Like eins skal vi, som føreskrive er i lova, føra opp til vår Guds hus dei fyrstefødde av sønene våre og av husdyra våre, anten det er storfe eller småfe, og gje dei til prestane som gjer teneste der. Og det fyrste av brøddeigen, av alle slag frukt og av druesaft og olje skal vi koma til prestane med, til lagerroma i vår Guds hus. Tiend av det som veks på jorda vår, skal vi gje til levittane, og sjølve skal dei krevja henne inn i alle jordbruksbyane våre. Ein prest, ein etterkomar etter Aron, skal vera med levittane når dei krev inn tienda, og sjølve skal levittane bera ein tiandepart av det dei får, opp til lagerroma i vår Guds hus. For både israelittane og levittane skal koma til desse roma med dei heilage gåvene av korn, druesaft og olje. Der står kara som vert nytta i heilagdomen, og der held dei til, dei prestane som gjer teneste, og portvaktarane og songarane. Vi skal ikkje vanskøyta vår Guds hus. Stormennene i folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein tiandepart skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar i dei andre byane. Og folket rosa alle dei mennene som var viljuge til å busetja seg i Jerusalem. Dette er dei hovdingane i landet som budde i Jerusalem, medan resten av folket og prestane, levittane, tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar budde i byane i Judea, kvar på sin eigedom og i sin by. I Jerusalem budde nokre som høyrde Juda-ætta og Benjamins-ætta til. Av Juda-ætta: Ataja, son til Ussia, son til Sakarja, son til Amarja, son til Sjefatja, som var son til Mahalalel, ein av etterkomarane etter Peres, og Ma’aseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar etter Sjela. I Jerusalem budde det i alt 468 våpenføre menn av Peres-ætta. Av Benjamins-ætta: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Ma’aseja, son til Itiel, som var son til Jesaja, og så Gabbai og Sjallai, i alt 928 menn. Joel, son til Sikri, var tilsynsmannen deira, og Juda, son til Hassenua, var den nest øvste leiaren i byen. Av prestane: Jedaja, son til Jojarib, Jakin og Seraja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, som var son til Akitub, forstandaren for Guds hus, og brørne deira som gjorde teneste i templet, 822 i talet, og Adaja, son til Jeroham, son til Pelalja, son til Amsi, son til Sakarja, son til Pasjkur, son til Malkia, og brørne hans, som var ættehovdingar, 242 i talet, og Amasai, son til Asarel, son til Aksai, son til Mesjillemot, som var son til Immer, og brørne hans, i alt 128 våpenføre menn. Sabdiel, son til Haggedolim, var tilsynsmannen deira. Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, son til Bunni, og Sjabbetai og Josabad, som begge var levitthovdingar og stod for dei ytre gjeremål ved Guds hus, Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun. I alt var det 184 levittar i den heilage byen. Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172. Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom. Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei. Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus. For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag. Kongens rådgjevar i alle saker som galdt folket, var Petakja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane etter Serah, son til Juda. Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse’el og landsbyane som høyrer til, i Jesjua, Molada og Bet-Pelet, i Hasar-Sjual, i Be’er-Sjeba og byane der ikring, i Siklag, i Mekona og byane der ikring, i En-Rimmon, Sora og Jarmut, i Sanoah, i Adullam og landsbyane som høyrer til, i Lakisj med markene ikring, i Aseka og byane der ikring. Såleis hadde dei bustadene sine frå Be’er-Sjeba til Hinnom-dalen. Dei som høyrde Benjamins-ætta til, budde i Geba, Mikmas og Ajja og i Betel og byane der ikring, i Anatot, Nob og Ananja, i Hasor, Rama og Gittajim, i Hadid, Sebo’im og Neballat, i Lod, Ono og Ge-Harasjim. Av levittane var det nokre skift frå Judea som kom til å bu i Benjamin. Dette er dei prestane og levittane som kom heim med Serubabel Sjealtielsson og Josva: Seraja, Jeremia, Esra, Amarja, Malluk, Hattusj, Sjekanja, Rehum, Meremot, Iddo, Ginnetoi, Abia, Mijamin, Ma’adja, Bilga, Sjemaja, Jojarib, Jedaja, Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Desse var leiarar for prestane og for brørne sine på Josvas tid. Levittane var: Josva, Binnui, Kadmiel, Sjerebja, Juda og Mattanja. Det var han og brørne hans som styrte lovsongen, medan Bakbukja og Unni og brørne deira stod midt imot dei og gjorde si teneste. Josva fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk Eljasjib, Eljasjib fekk Jojada, Jojada fekk Jonatan, og Jonatan fekk Jaddua. På Jojakims tid var desse mennene leiarar for presteættene: Meraja for Seraja-ætta, Hananja for Jeremia-ætta, Mesjullam for Esra-ætta, Johanan for Amarja-ætta, Jonatan for Malluk-ætta, Josef for Sjebanja-ætta, Adna for Harim-ætta, Helkai for Merajot-ætta, Sakarja for Iddo-ætta, Mesjullam for Ginneton-ætta, Sikri for Abia-ætta, for Minjamin-ætta, Piltai for Moadja-ætta, Sjammua for Bilga-ætta, Jonatan for Sjemaja-ætta, Mattenai for Jojarib-ætta, Ussi for Jedaja-ætta, Kallai for Sallai-ætta, Eber for Amok-ætta, Hasjabja for Hilkia-ætta og Netanel for Jedaja-ætta. Leiarane for presteættene vart oppskrivne i Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas tid, heilt til styringstida åt persarkongen Dareios. Leiarane for levittættene vart oppskrivne i krønikeboka fram til den tid Johanan Eljasjibsson levde. Leiarane for levittane var: Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel og brørne deira som stod midt imot dei, kor mot kor, og song Guds lov og pris, så som føreskrive var av gudsmannen David. Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub heldt vakt over lagerroma i portane. Desse levde på same tid som Jojakim, son til Josva Josadaksson, og på same tid som statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde. Då muren kring Jerusalem skulle vigslast, henta dei levittane frå alle bustadene deira og førte dei til Jerusalem. Der skulle dei halda vigsle og gledehøgtid med lovprising og song, til klangen av cymblar, harper og lyrer. Så samla songarane seg i Jerusalem. Dei kom frå området kring byen, frå landsbyane åt Netofa-sønene, frå Bet-Haggilgal og frå markene kring Geba og Asmavet. For songarane hadde bygt seg landsbyar rundt ikring Jerusalem. Då prestane og levittane hadde reinsa seg sjølve og så hadde reinsa folket, portane og muren, lét eg stormennene i Judea stiga opp på muren. Så stelte eg opp to store lovsongskor. Det eine gjekk til høgre nedover muren mot Oskeporten. Etter dei fylgde Hosjaja og halvparten av stormennene i Judea, Asarja, Esra, Mesjullam, Juda, Benjamin, Sjemaja og Jeremia. Så kom nokre av prestane med trompetar. Det var Sakarja, son til Jonatan, son til Sjemaja, son til Mattanja, son til Mikaja, son til Sakkur, son til Asaf, og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda og Hanani. Dei bar dei musikkinstrumenta som gudsmannen David hadde fastsett, og Esra, den skriftlærde, gjekk føre dei. Dei gjekk framom Kjeldeporten og opp troppene til Davids-byen. Så gjekk dei ned den troppa som fører til muren attmed Davids hus, og fram til Vassporten i aust. Det andre koret gjekk til venstre, og eg fylgde etter med den andre halvparten av folket. Vi gjekk oppe på muren, framom Omnstårnet, bort til Den breie muren, så over Efraims-porten, Gamleporten og Fiskeporten, framom Hananel-tårnet og Mea-tårnet, til Saueporten, og vart ståande ved Fengselsporten. Så stelte dei to kora seg opp attmed Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av forstandarane med meg, og prestane Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetane sine, og så Ma’aseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Og songarane røysta i; det var Jisrakja som styrte songen. Den dagen bar dei fram store offer, og dei gledde seg; for Gud hadde gjort dei storleg glade. Kvinnene og borna gledde seg òg, og jubelropa i Jerusalem høyrdest langan lei. Same dagen vart det sett inn menn som skulle ha tilsyn med lagerroma for dei heilage gåvene, fyrstegrøda og all tienda. Der skulle dei samla det som kom inn frå bymarkene, og som prestane og levittane hadde rett til etter lova. Gleda i Judea var stor fordi prestane og levittane atter gjorde teneste i heilagdomen. Dei tok seg av tenesta for sin Gud og stod for reinsinga. Like eins gjorde songarane og portvaktarane si gjerning, som føreskrive var av David og Salomo, son hans. Alt i gamle dagar, i Davids tid, vart Asaf leiar for songarane og hadde ansvaret for lov- og takkesongen til Gud. Og i Serubabels og Nehemjas dagar gav alle israelittane songarane og portvaktarane det dei trong kvar dag. Folket kom til levittane med heilage gåver, og levittane kom til Arons-sønene med det dei skulle ha. Same dagen vart det lese opp for folket or Moseboka. Og der fann dei skrive at ingen ammonitt eller moabitt nokon gong måtte vera med i Guds lyd. For desse folka møtte ikkje israelittane med brød og vatn. Dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning. Då dei no høyrde det som stod i lova, skilde dei alle framande ut or Israel. Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib fått tilsyn med lagerroma i Guds hus. Han var i slekt med Tobia og stelte til eit stort rom åt han, der dei før hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen og kara og tienda av korn, druesaft og olje, det som levittane, songarane og portvaktarane skulle ha etter lova, og gåvene til prestane. Eg var ikkje i Jerusalem medan alt dette gjekk føre seg. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babylonia, kom eg attende til han. Men då det leid av ei tid, bad eg kongen om lov til å fara heim att. Då eg så kom til Jerusalem, skjøna eg kor vondt Eljasjib hadde bore seg åt då han stelte til eit lagerrom åt Tobia i føregardane til Guds hus. Eg tykte ille om det og kasta all husbunaden hans Tobia ut or romet. Så sa eg frå at roma skulle reinsast, og eg sytte for at tempelkara, grødeofferet og røykjelsen kom på plass att. Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde flytt ut, kvar til sin gard, både dei og songarane som skulle gjera teneste. Då tala eg forstandarane til rettes og spurde kvifor Guds hus hadde vorte bannstøytt. Så kalla eg levittane saman og sette dei inn att i stillingane sine. Sidan kom alt folket i Judea til lagerroma med tiend av korn, druesaft og olje. Eg sette presten Sjelemja og Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerroma og gav dei Hanan, son åt Sakkur Mattanjason, til hjelpesmann. For dei hadde ord for å vera pålitelege. No skulle dei syta for at brørne deira fekk sin del. Kom meg i hug for dette, min Gud! Gløym ikkje alt det gode som eg har gjort for min Guds hus og tenesta der! På same tid såg eg at folk i Judea trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg òg at mange samla korn og leste det på esel, og like eins vin, druer, fiken og andre varer, og førte det til Jerusalem på sabbatsdagen. Eg åtvara dei den dagen dei selde desse matvarene. Nokre menn frå Tyrus som heldt til i Jerusalem, kom òg dit med fisk og allslags varer og selde det til jødane på sabbaten. Då tala eg stormennene i Judea til rettes og sa til dei: «Korleis kan de bera dykk så ille åt og vanhelga sabbaten? Var det ikkje fordi fedrane dykkar gjorde slikt, at vår Gud førte all denne ulukka over oss og denne byen? Og no vanhelgar de sabbaten og aukar Guds vreide mot Israel.» Så sa eg frå at portane i Jerusalem skulle stengjast så snart det tok til å mørkna i portroma kvelden før sabbaten, og at dei ikkje skulle opnast før sabbaten var over. Eg sette nokre av mennene mine til å halda vakt ved portane. Dei skulle sjå etter at det ikkje kom inn varer på sabbatsdagen. Då hende det både ein og to gonger at kjøpmenn og folk som handla med allslags varer, gav seg til utanfor Jerusalem om natta. Eg åtvara dei og sa til dei: «Kva skal det tyda at de gjev dykk til utfor muren om natta? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten. Sidan bad eg levittane reinsa seg og koma og halda vakt ved portane, så sabbatsdagen kunne haldast heilag. Kom meg i hug for dette òg, min Gud, og miskunna deg over meg i din store nåde! På den tid såg eg òg at nokre jødar hadde gift seg med kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab. Halvparten av borna deira tala Asjdod-mål eller tungemålet åt eit av dei andre folka; dei kunne ikkje tala judeisk. Eg tala dei til rettes og forbanna dei. Ja, somme av dei slo eg, og eg reiv dei i håret. Så lét eg dei sverja ved Gud at dei ikkje skulle gje døtrene sine til sønene åt desse folka og ikkje ta døtrene deira til koner åt sønene sine eller åt seg sjølve. Eg sa: «Var det ikkje på grunn av dei framande konene sine at Salomo synda, han som var Israels konge? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og det var Gud som sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene lokka han til å synda. Skal det no seiast om dykk òg at de gjer så stor ei synd som å svika vår Gud og gifta dykk med framande kvinner?» Ein av sønene til Jojada, som var son til øvstepresten Eljasjib, hadde gift seg med ei dotter til Sanballat frå Bet-Horon. Difor dreiv eg han bort. Kom i hug, min Gud, kva dei har gjort! Dei har vanæra prestedømet og preste- og levittpakta. Så reinsa eg dei for alt framandt, og eg gav føresegner om det prestane og levittane skulle ha omsut for, kvar i si stilling. Eg sa òg frå når dei skulle koma med ved og med fyrstegrøda, alt til fastsette tider. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg dette til godes! Det som her skal forteljast, hende i dagane åt Xerxes, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Nubia. I den tid då Xerxes sat på kongsstolen sin i Susa-borga, i det tredje styringsåret sitt, heldt han eit gjestebod for alle stormennene og embetsmennene sine. Hærførarane i Persia og Media, adelsmennene og styresmennene i provinsane var samla hjå han. Og i lang tid, 180 dagar i alt, lét han dei få sjå sin kongelege herlegdom og rikdom med all den drust og dramb som fylgde hans høge stilling. Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susa-borga, både store og små. Det vart halde på den opne plassen i slottshagen. Teppe av fint lin og bomull og av fiolett purpur var feste med kvite og purpurraude snorer til sølvringar i marmorsøylene. Benker av gull og sølv stod på eit mosaikkgolv av dyre steinar, marmor, perlemor og andre steinar. Det dei drakk, vart skjenkt i gullstaup, og ikkje to staup var like. Og der var nøgda av kongeleg vin, som det sømer seg hjå ein konge. Men det var fast lov at ingen skulle nøydast til å drikka. Kongen hadde bode alle dei øvste tenarane sine at dei skulle la kvar få så mykje han sjølv ville ha. Samstundes heldt dronning Vasjti gjestebod for kvinnene i slottet til kong Xerxes. Den sjuande dagen, då kongen hadde vorte fjåg av vinen, kalla han til seg dei sju hoffmennene som gjorde teneste hjå han, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas. Og han baud dei henta dronning Vasjti og leia henne fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folket og stormennene kunne sjå venleiken hennar; for ho var svært fager. Men dronning Vasjti ville ikkje koma. Ho trassa det bodet kongen hadde sendt med hoffmennene. Då vart kongen brennande harm; vreiden loga opp i han. Og han vende seg til vismennene, dei som skjøna seg på tidene; for såleis vart kongens saker lagde fram for dei som skjøna seg på lov og rett. Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som alltid hadde tilgjenge til kongen og var dei fremste i riket. Han spurde dei: «Kva skal ein etter lova gjera med dronning Vasjti, sidan ho ikkje lydde det bodet som kong Xerxes sende henne med hoffmennene?» Då tok Memukan til ords framfor kongen og stormennene og sa: Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle fyrstar og folk i alle dei provinsane som ligg under kong Xerxes. For åtferda til dronninga vil verta kjend mellom alle kvinner, og dei kjem til å sjå med vanvørdnad på mennene sine og seia: «Kong Xerxes sende bod etter dronning Vasjti, men ho kom ikkje.» Ja, alt i dag vil stormannsfruene i Persia og Media tala såleis til alle stormennene åt kongen, når dei får høyra korleis dronninga har bore seg åt. Og det kjem ikkje til å skorta på vanvørdnad og vreide. Om kongen så synest, så lat det gå ut eit kongebod, og lat det skrivast opp mellom lovene åt persarane og medarane, så det står urikkande fast. Sei at Vasjti aldri meir må syna seg for kong Xerxes, og at kongen vil gje hennar dronningrang til ei anna kvinne, som er betre enn ho. Når så det påbodet kongen sender ut, vert kjent i heile riket, så stort og vidt som det er, vil alle koner syna mennene sine ære, både høge og låge. Det framlegget tykte kongen og stormennene vel om, og kongen gjorde som Memukan hadde sagt. Han sende brev til alle provinsane sine, til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala, at kvar mann skulle vera herre i huset sitt og tala målet åt folket sitt. Då det leid av ei tid, og harmen hadde runne av kong Xerxes, kom han i hug Vasjti og det ho hadde gjort, og det som var vedteke om henne. Då sa dei unge mennene som var i teneste hjå kongen: «Ein skulle leita etter fagre ungmøyar til kongen. I alle provinsane i riket skulle kongen setja menn til å samla alle fagre ungmøyar og senda dei til kvinnehuset i Susa-borga. Og kongsmannen Hegai, han som vaktar kvinnene, kan ha tilsyn med dei og la dei få salvar til å smørja seg med. Og så kan den ungmøya som kongen likar best, verta dronning i staden for Vasjti.» Det rådet tykte kongen vel om, og han gjorde som dei sa. I Susa-borga var det den gongen ein jøde som heitte Mordekai. Han var son til Ja’ir, som var son til Sjimi og soneson til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta. Han var med i den fangeflokken som vart bortført frå Jerusalem då Nebukadnesar, Babel-kongen, førte bort Jekonja, Juda-kongen. Mordekai var fosterfar til Hadassa, det er Ester, dotter til farbror hans; for ho hadde korkje far eller mor. Møya var både velvaksen og ven, og då foreldra hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter. Då brevet frå kongen og bodet hans vart kjent, vart det samla mange ungmøyar i Susa-borga, der Hegai hadde tilsyn med dei. Ester vart òg henta til kongsgarden, og Hegai, som vakta kvinnene, hadde tilsyn med henne. Han lika den unge møya vel og fekk godvilje for henne. Difor skunda han seg og gav henne dei salvane og den maten ho skulle ha, og lét henne få dei sju ternene frå kongsgarden som var etla åt henne. Så lét han både Ester og ternene flytta inn i dei beste roma i kvinnehuset. Ester hadde ikkje fortalt kva folk og ætt ho var av; for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det. Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor tungarden til kvinnehuset. Han ville vita korleis Ester levde, og kva dei gjorde med henne. Den førebuingstida som var fastsett for dei unge møyane, varte tolv månader. I seks månader vart dei stelte med myrrasalve og i seks månader med andre angande salvar. Fyrst når denne tida var over, skulle kvar av møyane gå inn til kong Xerxes. Når ei jente gjekk inn til kongen, fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå kvinnehuset til kongsgarden. Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen gjekk ho attende til det andre kvinnehuset. Der hadde Sja’asgas tilsynet, den kongelege hoffmannen som vakta fylgjekonene. Sidan kom ho ikkje inn att til kongen med mindre han hadde lagt slik hug til henne at ho vart kalla til han med namns nemning. Så kom turen til Ester, dotter til Abihajil, som var farbror til Mordekai, fosterfar hennar. Då ho skulle inn til kongen, bad ho ikkje om anna enn det kongsmannen Hegai, han som vakta kvinnene, rådde henne til. Og alle som såg Ester, tykte vel om henne. Det var i den tiande månaden, det er tebet månad, i det sjuande styringsåret åt kong Xerxes, at Ester vart henta heim til han i kongsgarden. Kongen fekk Ester meir kjær enn dei andre kvinnene. Ho vann hans godhug og velvilje framom alle hine møyane. Han sette ei kongeleg krone på hovudet hennar og gjorde henne til dronning i staden for Vasjti. Til ære for Ester heldt kongen eit stort gjestebod for stormennene og embetsmennene sine. Han gav skattelette i provinsane og delte ut gåver, som det sømer seg for ein konge. Då det andre gongen vart samla saman ungmøyar, sat Mordekai i porten til kongsgarden. Ester hadde ikkje nemnt noko om ætta si og folket sitt; for det hadde Mordekai sagt at ho ikkje skulle gjera. Ho retta seg etter det Mordekai sa, så som ho hadde gjort medan ho var fosterdotter hjå han. Ein gong, medan Mordekai sat i porten til kongsgarden, hende det at to av hoffmennene vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å drepa han. Det var Bigtan og Teresj, som var dørvaktarar i kongsgarden. Dette fekk Mordekai vita; han sa frå til dronning Ester og sende henne til kongen med bod om det. Saka vart granska, og då det synte seg å vera så, vart begge mennene hengde i ein galge. Dette vart skrive i årboka medan kongen såg på. Då det leid av ei tid, lét kong Xerxes Haman Hammedatason av Agag-ætta få stor makt og gav han rang og sete over alle dei stormennene som var hjå han. Alle embetsmennene åt kongen som heldt til i slottsporten, fall på kne og bøygde seg til jorda for Haman; for det hadde kongen gjeve påbod om. Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje til jorda for han. Embetsmennene åt kongen, dei som heldt til i slottsporten, spurde då Mordekai: «Kvifor gjer du imot det kongen har bode?» Dag etter dag tala dei såleis til han, men han høyrde ikkje på dei. Då sa dei det til Haman; dei ville sjå om den grunnen Mordekai gav, vart teken for god. For han hadde sagt dei at han var jøde. Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne eller bøygde seg til jorda for han, vart han brennande harm. Men han tykte det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Han hadde fått vita kva folk Mordekai høyrde til, og no ville han freista å rydja ut alle jødar som fanst i riket åt Xerxes, både Mordekai og folket hans. I den fyrste månaden, det er nisan månad, i det tolvte styringsåret til kong Xerxes, vart det, medan Haman såg på, kasta «pur», det er lodd, om kvar einskild dag og kvar einskild månad, heilt til den tolvte, det er adar månad. Då sa Haman til kong Xerxes: «Her er eit folk som bur spreitt og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane i riket ditt. Lovene deira er annleis enn lovene åt alle andre folk, og dei held seg ikkje etter dei lovene som kongen har gjeve. Det høver ikkje for kongen å la dei stella seg som dei vil. Om kongen så synest, så lat det verta kunngjort i brev at dei skal rydjast ut. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp til embetsmennene, så dei kan leggja det i skattkammeret åt kongen.» Då drog kongen seglringen av handa si, gav han til Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt jødane, og sa til han: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du vil.» Den trettande dagen i den fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman. Og det vart sett opp eit skriv så som Haman baud, både til satrapane åt kongen, til statthaldarane i kvar provins og til hovdingane for kvart folk. Det skulle sendast til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivet vart utferda i namnet åt kong Xerxes og forsegla med den kongelege seglringen. Så vart det med snøggbod sendt brev til alle provinsane som høyrde under kongen, at alle jødar skulle øydast, drepast og tynast, både unge og gamle, småborn og kvinner. Alle skulle drepast på éin dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad, og alt dei åtte, skulle plyndrast. Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så dei kunne vera budde på dagen. Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok snøggboda av stad, som kongen hadde sagt. Så sette kongen og Haman seg til å drikka, men i Susa-byen var folket oppøst. Då Mordekai fekk vita alt det som hadde hendt, reiv han sund kleda sine, kledde seg i syrgjebunad og strøydde oske på seg. Så gjekk han ut i byen og skreik og jamra høgt og sårt. Han kom så langt som til plassen framfor slottsporten; for ingen som gjekk i syrgjebunad, hadde lov til å gå inn gjennom slottsporten. Og i kvar provins og på kvar stad der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane. Dei fasta og gret og jamra, og mange sov på sekkestrie og oske. Ternene og hoffmennene til Ester kom og fortalde henne det. Då vart dronninga redd. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for syrgjebunaden; men han ville ikkje ta imot dei. Så ropa Ester på Hatak, ein hoffmann som kongen hadde sett til å tena henne. Ho bad han gå til Mordekai og spørja kva som var på ferde, og kvifor han bar seg såleis åt. Hatak gjekk ut og fann Mordekai på bytorget framfor slottsporten. Mordekai fortalde då alt som hadde hendt han, og nemnde nøye kor mykje sølv Haman hadde lova å leggja i skattkammeret åt kongen, om han fekk gjera ende på jødane. Han gav han òg ei avskrift av det brevet som hadde vorte utferda i Susa, med bodet om å rydja dei ut. Det skulle han visa Ester og fortelja henne alt. Så skulle han be henne gå til kongen og bønfalla han om å visa nåde og spara folket hennar. Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt. Då baud Ester Hatak gå til Mordekai og seia: «Alle embetsmennene åt kongen og folket i provinsane veit at om nokon, mann eller kvinne, går inn til kongen i den indre slottsgarden utan å vera kalla, så gjeld ei og same lov for alle: Dei må døy dersom kongen ikkje retter ut gullstaven sin mot dei; då får dei leva. Men no har eg ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.» Då Mordekai fekk høyra kva Ester hadde sagt, bad han dei svara henne så: «Du må ikkje tru at du er den einaste av alle jødar som slepp unna, av di du bur i kongsgarden. For om du teier stilt no, får nok jødane hjelp og berging frå ein annan kant. Men du og ætta di kjem til å gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningrang.» Då sa Ester at dei skulle svara Mordekai: «Gå av stad og få samla alle jødar som finst i Susa, og hald så faste for mi skuld! I tre døger skal de ikkje smaka mat eller drikke, korkje om dagen eller om natta. Eg og ternene mine skal òg fasta på same vis. Med så gjort vil eg gå inn til kongen, endå det ikkje er etter lova. Lyt eg døy, så lat meg døy!» Mordekai gjekk av stad og gjorde i alle måtar så som Ester hadde sagt. Tredje dagen kledde Ester seg i sitt dronningskrud og steig inn i den indre kongsgarden, midt framfor kongshalla. Kongen sat på kongsstolen i halla, midt imot inngangen til salen. Då han fekk sjå dronning Ester der ho stod ute i garden, tykte han vel om henne. Han rette gullstaven, som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og tok i enden av staven. Då sa kongen til henne: «Kva har du på hjarta, dronning Ester? Er det noko du ynskjer? Om det så er halve riket, skal du få det.» Ester svara: «Om du så synest, herre konge, ville eg gjerne at du og Haman i dag skulle koma til det gjestebodet eg har stelt til for deg.» Då sa kongen: «Skunda dykk og henta Haman, så Ester kan få ynsket sitt oppfylt.» Så kom kongen og Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til. Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.» Ester svara: «Det eg ynskjer og bed om, er dette: Har kongen godvilje for meg, og vil kongen gje meg det eg bed om, og gjera det eg ynskjer, så må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil stella til for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.» Den dagen gjekk Haman glad og fjåg derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller viste han vørdnad, vart han brennande harm på Mordekai. Men han styrte seg og gjekk heim. Så sende han bod etter venene sine og Seresj, kona si. Og han la ut for dei om den store rikdomen sin og alle sønene sine, og korleis kongen hadde gjort han mektig og sett han over dei andre stormennene og embetsmennene åt kongen. Og han la til: «Eg var jamvel den einaste som dronning Ester lét få koma med kongen til det gjestebodet ho hadde stelt til. I morgon òg er eg beden til henne i lag med kongen. Men alt dette er ikkje nok for meg så lenge eg må sjå Mordekai, jøden, sitja i slottsporten.» Då sa dei til han, både Seresj, kona hans, og alle venene hans: «Lat dei laga ein galge som er femti alner høg, og i morgon skal du be kongen at Mordekai vert hengd i den. Så kan du gå glad med kongen til gjestebodet.» Haman tykte dette var eit godt råd, og han fekk galgen laga. Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta årboka som dei minneverdige hendingane var oppskrivne i. Og dei las boka for kongen. Der fann dei skrive korleis Mordekai hadde meldt frå om Bigtana og Teresj, to av dei hoffmennene som var dørvaktarar i kongsgarden, og som hadde leita etter eit høve til å drepa kong Xerxes. Då spurde kongen: «Kva ære og vørdnad har Mordekai fått for det?» Tenarane som var hjå han, svara: «Han har ikkje fått nokon ting.» Så sa kongen: «Kven er det som står ute i garden?» Haman var nett då komen inn i den ytste slottsgarden og ville be kongen at Mordekai måtte verta hengd i den galgen han hadde reist for han. Tenarane til kongen svara: «Det er Haman som står ute i garden.» «Lat han koma inn!» sa kongen. Då Haman kom inn, spurde kongen han: «Kva skal ein gjera med den mannen som kongen har hug til å æra?» Haman tenkte med seg: «Kven skulle kongen heller vilja visa ære enn meg?» Og han sa til kongen: «Er det ein mann som kongen har hug til å æra, så lat dei henta ein kongeleg klednad som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har ein kongeleg prydnad på hovudet. Ein av dei fremste adelsmennene til kongen skal ta imot klednaden og hesten, og han skal ha klednaden på den mannen som kongen har hug til å æra. Så skal han la han ri på hesten over bytorget og ropa framfor han: Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!» Då sa kongen til Haman: «Skunda deg, ta klednaden og hesten, som du har sagt, og gjer så med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt!» Så tok Haman klednaden og hesten, hadde klednaden på Mordekai og lét han ri over bytorget, medan han ropa framfor han: «Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!» Mordekai gjekk attende til slottsporten, men Haman skunda seg heim, sorgfull og med hovudet innsveipt. Han fortalde Seresj, kona si, og alle venene sine alt det som hadde hendt. Då sa dei til han, både rådgjevarane hans og Seresj, kona hans: «Dersom han er jøde, denne Mordekai som du no tek til å tapa for, så maktar du ingen ting mot han. Du kjem til å liggja heilt under for han.» Medan dei endå heldt på og tala med han, kom hoffmennene åt kongen. Dei skunda seg og henta Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til. Så kom då kongen og Haman til gjestebodet hjå dronning Ester. Denne gongen òg sa kongen til Ester medan dei sat og drakk vin: «Er det noko du vil be om, dronning Ester, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.» Då svara dronning Ester: «Har du godvilje for meg, konge, og er det etter din hug, så unn meg livet fordi eg bed om det, og unn folket mitt livet fordi eg ynskjer det. For vi er selde, både eg og folket mitt, til å øydast, drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinner vi var selde, skulle eg ha tagt. Då hadde ikkje ulukka vår vore noko å bry kongen med.» Då tok kong Xerxes til ords og spurde dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han som har våga seg til å gjera slikt?» Ester svara: «Det er ein valdsmann og fiende; det er Haman, det illmennet der!» Då vart Haman livande redd kongen og dronninga. Kongen reiste seg i harme; han gjekk frå drikkelaget og ut i slottshagen. Men Haman vart ståande; han ville be dronning Ester spara livet hans; for han skjøna at kongen hadde sett seg føre å gjera han vondt. Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman bøygd over den benken som Ester sat på. Då ropa kongen: «Vil du jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus!» Ikkje før var dette ordet fare ut or munnen på kongen, så sveipte tenarane inn andletet hans Haman. Og Harbona, ein av dei hoffmennene som då gjorde teneste hjå kongen, sa: «Sjå, attmed huset til Haman står det ein galge som er femti alner høg. Den har Haman fått laga til Mordekai, han som gjorde kongen så stor ei teneste.» Då sa kongen: «Heng han i den!» Så hengde dei Haman i den galgen som han hadde reist for Mordekai. Og harmen rann av kongen. Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, fienden åt jødane, hadde ått. Og Mordekai fekk koma fram for kongen; for Ester hadde fortalt kva han hadde vore for henne. Kongen drog av seg seglringen som han hadde teke att frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset hans Haman. Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho kasta seg gråtande ned for føtene hans og naudbad han at han måtte gjera om inkje den vonde planen som Haman av Agag-ætta hadde lagt mot jødane. Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reiste ho seg, steig fram for kongen og sa: «Er det etter din hug, konge, og har du godvilje for meg, tykkjer du det er rett, konge, og er eg gjæv for deg, så send brev og avlys det skrivet som Haman Hammedatason av Agag-ætta sette opp då han hadde lagt plan om å rydja ut jødane i alle dei provinsane kongen rår over. For korleis kunne eg tola sjå på den ulukka som elles ville råka folket mitt? Korleis kunne eg tola sjå at ætta mi går under?» Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «De veit at eg har gjeve Ester huset hans Haman, og sjølv har han vorte hengd i galgen fordi han ville leggja hand på jødane. Set no de opp eit skriv om jødane i namnet åt kongen, så som de finn det best, og forsegla det med seglringen åt kongen! For eit skriv som er utferda i namnet åt kongen og forsegla med seglringen hans, kan ikkje avlysast.» Med ein gong vart skrivarane åt kongen kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, sivan månad. Dei skreiv så som Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og styresmennene i provinsane frå India til Nubia, 127 provinsar i alt. Brevet vart sendt til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Jødane òg fekk dette brevet i si eiga skrift og på sitt eige tungemål. Mordekai skreiv i namnet åt kong Xerxes og forsegla brevet med seglringen åt kongen. Så sende han det av stad med menn som reid på dei beste tråvarane frå kongens eigne stallar. I brevet stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å slå seg saman og verja livet sitt. Dei kunne øyda og drepa og tyna kvar væpna flokk som tok på dei. Og dei kunne drepa småborn og kvinner og rana eigedomane deira. Dette skulle gjelda i alle folk og provinsar. Og alt skulle henda på ein og same dagen i alle provinsane åt kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad. Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så jødane kunne vera budde når dagen kom, og hemna seg på fiendane sine. Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok bodberarane som reid på dei kongelege tråvarane, av stad i strykande tan, så som kongen hadde sagt. Mordekai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klednad av fiolett purpur og kvitt lin. Han bar eit stort diadem av gull og ei kappe av lin og purpur. Og Susa-byen jubla og gledde seg. Hjå jødane var det no ljos og glede, fryd og herlegdom. I kvar provins og kvar by, så langt som kongsbodet nådde, vart det glede og fryd hjå jødane med gjestebod og høgtid. Og mellom dei andre folka i landet var det mange som gav seg i lag med dei; for det hadde kome over dei ei redsle for jødane. Så kom den trettande dagen i den tolvte månaden – det er adar månad – den dagen då ordet og bodet åt kongen skulle setjast i verk. Fiendane åt jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei; men no hadde det snutt seg, så det var jødane som fekk makt over fiendane. Jødane samla seg i byane sine i alle dei provinsane kong Xerxes rådde over, og ville leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå seg mot dei; for alle folka var gripne av redsle for jødane. Alle styresmennene i provinsane, satrapane, statthaldarane og embetsmennene åt kongen hjelpte jødane, for dei var redde Mordekai. For han hadde no mykje å seia i kongsgarden. Og i alle provinsane gjekk det gjetord om at Mordekai fekk meir og meir makt. Med sverd i hand gjekk jødane til strid mot uvenene sine. Dei drap og tynte og gjorde som dei ville med fiendane sine. I Susa-borga drap og tynte jødane fem hundre mann. Dei drap òg Parsjandata, Dalfon, Aspata, Porata, Adalja, Aridata, Parmasjta, Arisai, Aridai og Vaisata, dei ti sønene til Haman Hammedatason, fienden åt jødane. Men eigedomane deira rørte dei ikkje. Same dagen fekk kongen vita talet på dei som var drepne i Susa-borga. Då sa han til dronning Ester: «I Susa-borga har jødane drepe og tynt fem hundre mann og dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane mine? Er det endå noko du vil be om, skal det gjevast deg, og er det meir du ynskjer, skal du få det.» Ester svara: «Om kongen så synest, så lat jødane i Susa i morgon òg få lov til å gjera som i dag, og lat dei ti sønene til Haman verta hengde i galgen!» Kongen baud at så skulle gjerast, og det vart utferda eit påbod om det i Susa. Og dei ti sønene til Haman vart hengde. Jødane i Susa samla seg òg den fjortande dagen i adar månad og drap tre hundre mann i byen. Men eigedomane deira rørte dei ikkje. Dei andre jødane i dei provinsane kongen rådde over, slo seg òg saman og ville verja livet sitt og få fred for uvenene sine. Dei drap syttifem tusen av fiendane sine, men rørte ikkje eigedomane deira. Det var den trettande dagen i adar månad at dette hende. Den fjortande dagen kvilte dei seg, og dei gjorde den dagen til ein fest- og glededag. Men jødane i Susa slo seg saman både den trettande og den fjortande dagen. ‘Dei‘ kvilte den femtande dagen og gjorde ‘den‘ til ein fest- og glededag. Såleis har det seg at jødane utover landet, dei som bur i landsbyar, høgtidar den fjortande dagen i adar månad. Då held dei gledefest og høgtid og sender kvarandre gåver av gjestebodskosten. Mordekai skreiv opp det som hadde hendt. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane åt kong Xerxes, både til dei som var nær, og til dei som var langt borte. Han baud at dei kvart år skulle høgtida den fjortande og femtande dagen i adar månad. For det var på dei dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden suta deira vende seg til glede og sorga til høgtid. Difor skulle dei gjera dei dagane til fest- og glededagar og senda gåver av gjestebodskosten til kvarandre og til dei fattige. Jødane gjorde det til ein fast skikk, det som dei alt hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om. For Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt alle jødar, hadde planlagt å rydja ut jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å drepa og øyda dei. Men då dette kom kongen for øyra, baud han i eit brev at den vonde planen som Haman hadde tenkt ut mot jødane, skulle koma over hans eige hovud; så vart både han og sønene hans hengde i galgen. Difor vert desse dagane kalla «purim» etter ordet «pur». I samsvar med alt det som stod i brevet, og i samsvar med det dei hadde sett og røynt, gjorde jødane det til ein fast skikk for seg sjølve og etterkomarane sine og for alle som gjekk over til deira tru, at dei kvart år skulle høgtida desse to dagane så som føreskrive var, og til fastsett tid. Desse dagane skulle komast i hug og høgtidast gjennom alle tider og i alle ætter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort hjå jødane og aldri gå or minne hjå etterkomarane deira. Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv atter eit myndig brev, fordi dei ville få lovfest det som stod i det andre brevet om purim. Og Mordekai sende brev til alle jødane i dei 127 provinsane i riket åt Xerxes med ynske om trygge og gode kår. Dei skulle gjera det til ei plikt å høgtida desse purim-dagane til fastsett tid, så som jøden Mordekai og dronning Ester hadde sagt, og så som dei sjølve hadde skipa det for seg og etterkomarane sine, med føresegner om faste og klagerop på dei dagane. Så vart då desse føresegnene om purim-festen lovfeste etter påbod frå Ester, og det vart oppskrive i ei bok. Kong Xerxes la skatt både på fastlandet og på øyane i havet. Alt det han gjorde i si makt og sitt velde, og ei noggrann fråsegn om den høge rangen som kongen gav Mordekai, det er oppskrive i årbøkene åt kongane i Media og Persia. For jøden Mordekai var nest etter kong Xerxes i makt. Han var høgt æra mellom jødane og vel lika av landsmennene sine, så mange dei var. For han sytte støtt for velferda åt folket sitt og tala til gagn for heile si ætt. I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann, som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var. Job fekk sju søner og tre døtrer. Han åtte sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Ei mengd med trælar hadde han òg. Han var den mektigaste mannen i landet der aust. Sønene til Job hadde for skikk å halda gjestebod på omgang hjå kvarandre. Då sende dei bod til dei tre systrene sine og bad dei koma og eta og drikka saman med dei. Når så ein omgang med gjestebodsdagar var til ende, sende Job bod etter dei og gjorde soning for dei. Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: «Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta.» Dette gjorde Job kvar gong. Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan. Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.» Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.» Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren. Ein dag medan sønene og døtrene sat og åt og drakk vin heime hjå den eldste broren, kom det ein bodberar til Job og sa: «Best oksane gjekk for plogen, og eselhoppene beitte tett attmed, kom det nokre sabearar og tok dei, og gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.» Medan han endå tala, kom ein annan og sa: «Guds eld fór ned frå himmelen, råka både sauene og gutane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.» Medan han endå tala, kom den tredje og sa: «Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.» Medan han endå tala, kom den fjerde og sa: «Sønene og døtrene dine sat og åt og drakk heime hjå den eldste broren. Då kom det brått ein sterk storm borte frå øydemarka. Han tok tak i alle fire novene på huset, så det seig i hop over ungdomane og drap dei. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.» Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klypte av seg håret. Han kasta seg ned, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Naken kom eg frå mors liv, naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok, Herrens namn vere lova!» Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job og kom ikkje med eit vondt ord mot Gud. Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan. Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er. Framleis er han like ulastande. Utan grunn har du eggja meg til å føra han i ulukke.» Men Satan svara: «Hud for hud! Ein mann gjev då gjerne alt det han eig for livet. Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.» Då sa Herren til Satan: «Han er i di makt. Spar berre livet hans!» Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl. Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen. Då sa kona hans til han: «Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!» Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?» Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn. Job hadde tre vener. Då dei fekk høyra om all den ulukka som hadde råka han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama. Dei vart samde om at dei skulle gå til Job og syna han medkjensle og trøysta han. Medan dei endå var eit stykke borte, fekk dei auga på han; men dei kjende han ikkje att. Då sette dei i og gret, reiv sund kappene sine og kasta støv opp i lufta, så det fall ned over hovudet på dei. Så sat dei hjå han der på jorda i sju dagar og sju netter. Og ingen sa eit ord til han; for dei såg at han leid fælt. Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin. Han tok til ords og sa: Bort med den dagen ¬då eg vart fødd, den natta då det vart sagt: «Ein gut er avla.» Gjev den dagen ¬vart stummande mørk! Gjev Gud i det høge ¬ikkje spurde etter han og ljosstrålar aldri skein på han. Gjev kolmørker kravde han, gjev skyer la seg over han og solmørking skræmde han. Gjev tjukke mørkret ¬tok den natta, så ho ikkje fekk rom ¬mellom årsens dagar og ikkje kom med ¬i månadstalet. Ja, gjev den natta ¬vart utan frukt og aldri vart helsa med jubel. Lat dei lysa forbanning ¬over henne, dei som manar fram ¬ulukkedagar, og som kan eggja opp Leviatan. Lat hennar morgonstjerner ¬mørkjast, lat henne venta på ljos ¬som ikkje kjem, lat henne aldri sjå ¬morgonrodens strålar! For ho stengde ikkje ¬morslivs dører for meg og løynde ikkje møde og strev ¬for mitt syn. Kvifor fekk eg ikkje døy ¬då eg vart fødd, kvifor slokna eg ikkje ¬i fødestunda? Kvifor tok dei meg på fanget og la meg til brystet ¬så eg fekk mat? No kunne eg ha lege still og sove i fred og ro saman med kongar ¬og styresmenn som bygde seg slott ¬der det no er ruinar, eller med stormenn ¬som åtte gull, og fylte husa sine med sølv. Eller eg hadde ikkje vore til, som eit nedgrave foster, lik born ¬som aldri såg dagsens ljos. Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir, der kviler dei ¬som har mist si kraft. Alle fangar kan ta det med ro, dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa. Der er små og store like, og trælen er fri frå herren sin. Kvi gjev han ljos ¬til den som lid, kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva? Dei ventar fåfengt på døden og søkjer han med større iver enn ein grev ¬etter løynde skattar. Dei ville gleda seg og jubla, ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav. Dei er folk som ingen utveg ser, Gud har stengt kvar stigen ¬for dei. Mine sukkar ¬har vorte mitt daglege brød, mine klagerop strøymer ¬som vatn. Dei redsler som eg fælte for, ¬har råka meg, no hender det eg grua for. Eg får ikkje fred, ¬ikkje ro og kvile, det kjem berre nye plager. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa: Om ein prøver å tala til deg, ¬vert du motlaus. Men kven kan teia til slikt? Sjølv har du rettleitt mange, kraftlause hender ¬har du styrkt. Dine ord reiste opp ¬den som snåva, du gav kraft til skjelvande kne. Men no, når det gjeld deg sjølv, ¬er du motlaus, når det råkar deg, er du redd. Set du ikkje lit til di gudsfrykt og von til di ærlege ferd? Tenk etter! Når miste ein skuldlaus livet, kvar gjekk rettvise folk ¬til grunne? Dei som pløyer ned vondskap ¬og sår ulukke, haustar det same, ¬etter det eg har sett. Andar Gud på dei, ¬går dei til grunne, pustar han i vreide, ¬vert dei borte. Løva brøler, ¬og løveungen skrik, men tennene på ungløva ¬vert utslegne. Jamvel løva går til grunne når ho ikkje finn rov, og løveungane vert spreidde. Eit ord kom smygande til meg, for øyra lét det som kviskring. Det kom då nattsyner ¬gjorde meg uroleg, medan folk låg i tung svevn. Eg vart så redd at eg skalv, redsla gjekk meg ¬til merg og bein. Ein pust strauk framom ¬mitt andlet, og håra reiste seg på mitt hovud. Ein skapnad stogga, men eg såg ikkje klårt ¬korleis han var. Han stod beint ¬framfor augo mine, og eg høyrde ei roleg røyst ¬som sa: Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud, kan ein mann ¬vera rein for sin skapar? Gud lit ikkje eingong ¬på tenarane sine, hjå englane finn han feil, kor mykje meir ¬hjå dei som bur i leirhus og berre har jord til grunnvoll, dei som kan knasast ¬lettare enn mòl. Før dagen er til ende, ¬ligg dei knuste; utan at nokon ansar det, går dei til grunne for alltid. Deira teltsnor vert oppriven, dei døyr, ¬men har ikkje fått visdom. Set i og ropa! ¬Finst det nokon som svarar? Kven av dei heilage ¬vender du deg til? Mismod tek livet av dåren, harme drep den godtrune. Eg såg ein dåre som slo rot, men brått laut eg forbanna ¬hans bustad. Borna hans var hjelpelause, knuste i porten, ¬utan bergingsmann. Dei svoltne åt opp det han avla, dei tok det jamvel ¬mellom klunger, og dei tyrste ¬greip etter godset hans. Nei, ulukke veks ikkje ¬opp or molda, og møde gror ikkje ¬fram av jorda. Men mennesket er født til møde liksom gneistar flyg høgt i veret. Men eg, ¬eg ville venda meg til Gud og leggja mi sak i hans hand. Han gjer storverk ¬som ingen kan granska, og under som ingen kan telja. Han lèt det regna på jorda, sender vatn over åker og eng. Han reiser opp folk ¬frå ringe kår, lyfter og bergar dei som syrgjer. Han gjer planane åt dei kloke ¬til inkjes, så deira gjerning ikkje lukkast. Han fangar dei vise ¬i deira klokskap, dei listige er for snare ¬til å leggja planar. Om dagen støyter dei ¬på mørker, middagstider trivlar dei ¬som om natta. Dei fattige bergar han ¬frå kvasse sverd, ut or hendene på dei sterke. Då er det von for småkårsfolk, vondskap må lata att sin munn. Ja, sæl er den ¬som får refsing av Gud, tukt frå Den Allmektige ¬skal du ikkje vanvørda. For om han sårar, fetlar han òg; og slår han, ¬lækjer han med si hand. Seks gonger bergar han deg ¬frå trengsle, den sjuande ¬skal ulukka ikkje nå deg. I hungersnaud friar han deg ¬frå døden, i krig frå det kvasse sverdet. Bitande tunger ¬skal ikkje nå deg, du treng ikkje reddast ¬når ulukka kjem. Du kan le åt herjing og hunger og treng ikkje reddast ¬for villdyra i landet. For du har pakt ¬med steinane på marka, og villdyra held fred med deg. Du merkar ¬at teltet ditt står trygt, du ser over din bustad, ¬og ingenting vantar. Du får sjå at ætta di aukar, at dine ætlingar vert talrike ¬som plantene på jorda. I fullmogen alder ¬skal du gå i grav, som kornband vert samla ¬i rette tid. Ja, dette har vi granska, ¬og så er det. Det skal du høyra ¬og merka deg! Då tok Job til ords og sa: Gjev mitt mismod kunne vegast og all mi ulukke ¬leggjast på vekt! For no er ho tyngre ¬enn havsens sand, difor talar eg så tankelaust. Piler frå Den Allmektige ¬sit i min kropp, mi ånd syg i seg deira gift. Guds redsler fylkar seg ¬mot meg. Skrik vel eit villesel ¬i grøne graset, rautar ein okse ¬når han har fôr? Kven et det som smakar flautt fordi det ikkje er salta? Er det smak på stokkrose-saft? Det byd meg imot ¬å røra ved slikt, det er som å eta utskjemd mat. Å, om mi bøn vart høyrd, om Gud ville oppfylla mi von! Gjev han sette seg føre ¬å knusa meg, lyfte si hand ¬og skar av min livstråd! Då hadde eg likevel trøyst og kunne hoppa av glede ¬i nådelaus pine. For eg har ikkje fornekta ¬orda åt Den Heilage. Har eg kraft til å halda ut, har eg eit mål å sjå fram til, så eg kan venta med tolmod? Er eg så sterk som stein, har eg ein kropp av bronse? Nei, eg kan ikkje hjelpa ¬meg sjølv, og mi von om berging er ute. Den som ikkje vil vera god ¬mot sin neste, har ikkje lenger age ¬for Den Allmektige. Mine brør har svikta ¬som ein bekk, som eit elvefar ¬der vatnet er borte. Vatnet kan grumsast til av is, og snø kan blanda seg i det. Men i turketida stilnar elva, når varmen kjem, kverv ho. Karavanar tek ein annan veg, dei kjem opp i øydemarka ¬og går til grunne. Karavanar frå Tema ¬såg etter vatn, ferdafylgje frå Saba ¬vona òg på det. Dei var fulle av tillit, ¬men vart til skammar; då dei kom fram, ¬vart dei vonbrotne. Så er de for meg i dag; de ser det som skræmer, ¬og vert redde. Har eg vel sagt: «Lat meg få! Gjev meg ei gåve av det de eig! Berga meg frå fiendens grep, fria meg frå valdsmenns hand!» Gjev meg rettleiing, ¬så skal eg teia, syn meg kvar eg har fare vilt! Ærlege ord kan ikkje såra, men kva hjelper det vel ¬om de formanar? Tenkjer de å refsa meg ¬for mine ord? Ein vonlaus mann ¬talar ut i veret. Kastar de lodd ¬om foreldrelause born, eller kjøpslår de om ein ven? Gjer no vel og sjå på meg! Trur de eg lyg dykk ¬midt opp i andletet? Tenk dykk om ¬og gjer ingen urett! Ja, tenk dykk om, for eg har enno rett. Er det då urett på mi tunge, har eg ikkje sans ¬for det som er vondt? Mannen må træla ¬og slita på jorda, som ein leigekars dagar ¬er hans liv. Han liknar trælen ¬som stundar etter skugge, og tenaren som ventar på løn. Så vart månader med møde ¬min lut, netter med liding min lagnad. Når eg legg meg, må eg tenkja: «Kva tid skal eg stå opp?» Kvelden vert lang, ¬eg ligg der uroleg heilt til det ljosnar av dag. Min kropp er kledd ¬med verkjesår og skorper, huda skrukkast og brest. Mine dagar fer snøggare ¬enn vevarens skyttel, dei går til endes utan von. Kom i hug at mitt liv ¬er som ein pust! Aldri meir får eg oppleva lukke. Den som ser meg no, skal aldri sjå meg meir, ser du etter meg, er eg borte. Ei sky løysest opp og kverv; så er det òg med den ¬som fer til dødsriket, han stig aldri opp att meir. Han vender ikkje heim ¬til sitt hus, hans heimstad ¬ser han aldri meir. Så legg eg ikkje band ¬på min munn, men vil tala i mi djupe naud og klaga i min sjelekval. Er eg eit hav eller havuhyre sidan du set vakt over meg? Når eg seier: ¬«Senga skal vera mi trøyst, mi lege skal letta mi sut», då skræmer du meg ¬med draumar og støkkjer meg med syner. Aller helst vil eg kjøvast. Heller døden enn denne liding! Eg er lei av dette! Eg lever ikkje evig. Lat meg vera! Mine dagar er som ein pust. Kva er eit menneske ¬sidan du set det så høgt og bryr deg så mykje om det? Kvar morgon ser du til det, kvar augneblink prøver du det. Vil du ikkje snart ¬venda augo frå meg og gje meg ro, ¬så eg kan svelja spyttet? Har eg synda, ¬kva skader det deg, du som vaktar på mennesket? Kvifor gjer du meg ¬til skyteskive for deg? Eg har vorte ei bør ¬for meg sjølv. Kvifor vil du ikkje tilgje ¬mi synd og bera over med mi skuld? For no må eg leggja meg ¬i støvet; leitar du etter meg, ¬er eg ikkje meir. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa: Kor lenge vil du tala så og la orda rasa som eit uver? Trur du Gud kan rengja retten, at Den Allmektige ¬gjer rett til rangt? Har borna dine synda mot han, så har han gjeve dei ¬deira brot i vald. Gjev du ville venda deg til Gud og be Den Allmektige om nåde! Så sant du er skuldlaus ¬og ærleg, vil han vaka over deg, atter reisa din bustad ¬og gje deg rett. Då vert det smått, ¬det fyrste du hadde, mot det store du sidan skal få. Berre spør dei framfarne ætter, gjev akt på det fedrane fann ut. Vi er då frå i går ¬og veit ikkje stort, som ein skugge er våre dagar ¬på jorda. Fedrane skal læra deg ¬og seia frå, tala til deg ut frå det dei veit. Veks det sev ¬der det ikkje er myrlendt, trivst storren ¬der det ikkje finst vatn? Om han enno står grøn ¬og ikkje vert skoren, turkar han bort ¬før alt anna gras. Så går det med alle ¬som gløymer Gud, vona kverv for den gudlause. Hans trygge ro ¬heng i tynne trådar, han set si lit til spindelvev. Han stør seg til sitt eige hus, men det held ikkje; han klengjer seg til det, men det står ikkje støtt. Han står som eit grønt tre i sola, greinene breier seg ut ¬over hagen. Røtene flettar seg inn ¬i ei steinrøys, hakar seg fast mellom steinane. Men vert han bortriven ¬frå sin heimstad, kjennest staden ikkje ved han: «Vi har ikkje sett deg.» Sjå, såleis endar hans liv, og ein annan gror opp or molda. Sjå, Gud vil aldri visa bort den som er heil i si ferd; men ugjerningsmenn ¬tek han ikkje i handa. Han skal fylla din munn ¬med lått og leggja jubelrop ¬på dine lipper. Dei som hatar deg, ¬må kle seg i skam, telta åt dei gudlause vert borte. Då tok Job til ords og sa: Ja, eg veit at det er som de seier: Korleis kan eit menneske ¬ha rett mot Gud? Vil det føra sak mot han, kan det ikkje svara eitt ord ¬til tusen. Djup er hans visdom ¬og stor hans styrke. Kven kan trassa han ¬og sleppa vel ifrå det? Han flytter fjell ¬før nokon veit av det, han velter dei i sin vreide. Han rister jorda ut av lage, så søylene hennar skjelv. Han byd sola at ho ikkje ¬skal skina, og set segl for stjernene. Åleine spente han himmelen ut og skrid fram ¬over havsens bylgjer. Han skapte Løva og Orion, Sjustjerna og stjernebileta ¬på sørhimmelen. Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska, og under som ingen kan telja. Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje; når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje. Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd? Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?» Gud held ikkje att sin vreide, jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han. Korleis skulle eg kunna svara og velja mine ord ¬når eg talar med han? Eg kunne ikkje svara ¬om eg hadde rett, men laut nok be min domar ¬om nåde. Og gav han meg svar ¬når eg ropa, kunne eg ikkje tru ¬at han hadde høyrt meg. Han ville knusa meg i stormen og utan grunn gje meg ¬mange sår. Han lét meg ikkje dra pusten, men fylte meg med liding. Er det tale om styrke, ¬så har han den, og om rett, kan han seia: ¬«Kven stemner meg?» Om eg har rett, ¬må eg rekna meg for skuldig, og er eg skuldlaus, ¬dømer han meg. Skuldlaus er eg, ¬men likesæl om livet, eg bryr meg ikkje om å leva. Det kan vera det same! ¬Difor seier eg: Skuldlaus eller skuldig ¬– han tyner begge. Kjem det ein flaum ¬som brått valdar død, så spottar han når ein skuldlaus misser motet. Jorda er gjeven ¬i nidingars hand, Gud stengjer synet ¬for dei som styrer. Er det ikkje han som gjer det, ¬kven då? Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa, dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke. Dei fer sin veg som sevbåtar, som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd. Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg, eg vil skifta mine og vera glad,» då gruar eg for alle mine plager, eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri. Må eg stå der skuldig, kvifor strevar eg då til fåfengs? Om eg vaska meg i snøvatn og gjorde hendene reine i lut, straks ville du dukka meg ¬i ei grøft, så kleda mine stygdest ved meg. Han er då ikkje ein mann ¬som eg, så eg kan gje han svar og gå for retten saman med han. Det er ingen skilsdomar som kan leggja handa ¬på oss begge og avgjera saka mellom oss. Å, om Gud tok bort riset, så redsla for han ¬ikkje skræmde meg! Då skulle eg tala utan å reddast; for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til. Eg er lei av livet, vil klaga mi naud. Eg er beisk i hug og vil tala ut. Eg seier til Gud: ¬Fordøm meg ikkje! Lat meg få vita ¬kvifor du klagar meg. Har du glede av å gjera urett, av å vraka det du sjølv ¬har skapt, og la ljoset skina over planane åt dei vonde? Har du då augo ¬som ein skapning, ser du så som menneske ser? Er dine dagar ¬som dagane åt mennesket og dine år som mannens år, sidan du leitar etter skuld ¬hjå meg og spør etter mine synder? Du veit at om eg er skuldlaus, kan ingen berga meg ¬or di hand. Det er du som har forma ¬og skapt meg, og så snur du om og tyner meg! Kom i hug ¬at du har laga meg av leire, og så lèt du meg verta ¬til jord att! Du lét meg renna ut som mjølk og sidan stivna liksom ost. Du kledde meg ¬med kjøt og skinn og vov meg i hop ¬med bein og sener. Du gav meg liv ¬og var trufast mot meg, med omhug verna du mi ånd. Men dette gøymde du i hjarta, eg veit du hadde det i tankar: Du ville vakta på meg ¬når eg synda og ikkje frikjenna meg ¬for skuld. Ve meg om eg var skuldig! Og hadde eg rett, kunne eg ikkje lyfta hovudet. Eg var mett av skam og full av liding. Og lyfte eg likevel hovudet, ville du jaga meg som ei løve og atter fara underleg fram ¬mot meg. Du ville føra nye vitne mot meg, visa meg aukande uvilje og atter og atter ¬senda dine hærar mot meg. Kvifor lét du meg koma ut ¬or mors liv? Gjev eg hadde døytt ¬før nokon fekk sjå meg! Det hadde vore ¬som om eg aldri var til, frå mors liv ¬hadde dei ført meg til grava. Kor få mine levedagar er! Gjev han ville la meg vera, så eg kunne få litt glede før eg går bort ¬til det kolmørke landet, som eg aldri kjem att ifrå: eit land så svart som natta, der mørker og ugreie rår, og ljoset er mørkt som natta. Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa: Skal ikkje pratmakaren få svar? Får han rett, ¬han som brukar så store ord? Skulle skvalderet ditt ¬få menn til å teia, så du kan spotta utan motsegn? Du vågar å seia: ¬«Mi lære er rein, og eg står skuldlaus ¬framfor deg.» Men ville Gud berre ¬opna munnen og ta til ords imot deg, forkynna deg ¬sin løynde visdom, som gjev dobbelt skjøn, då skulle du forstå at Gud kan la di synd ¬verta gløymd. Kan du lodda djupnene i Gud eller finna ei grense for stordomen ¬åt Den Allmektige? Høgare er han enn himmelen – kva kan du gjera? – og djupare enn dødsriket – kva veit du? Han har større mål enn jorda og femner vidare enn havet. Om Gud dreg ut og tek fangar og stemner folk for retten, kven kan hindra han? Han kjenner dei falske menner og ser den vondskap ¬som ingen merkar. Kan ein uvitug mann få vit? Kan eit villesel ¬skapast om til menneske? Om du vender hugen til han og breier ut hendene mot han, – er det vondskap i handa, ¬så få han bort, lat ingen urett bu i ditt telt! – då kan du utan flekk og lyte ¬lyfta hovudet, stå der støtt og sleppa reddast. For du skal gløyma di møde; du skal berre minnast henne, som du minnest vatn ¬som rann sin veg. Ditt liv skal verta meir strålande ¬enn middagssola, og mørkret skal verta ¬som ljose morgonen. Du kan vera full av tillit, ¬for det er von; du kan sjå deg om ¬og leggja deg trygt. Ingen skræmer deg ¬når du går til ro, mange prøver ¬å vinna din godvilje. Men dei vonde får sløve augo, dei har ingen stad ¬dei kan røma til, deira einaste von er å få anda ut. Då tok Job til ords og sa: Ja, de er sanneleg ¬noko til karar! Med dykk døyr nok ¬visdomen ut. Men eg òg har vit, eg er ikkje ringare mann enn de. Kven kjenner ikkje til slikt? Eg er til lått for mine vener, eg som ropa til Gud ¬og fekk svar, eg som er rettvis og ærleg. «Bry deg ikkje om ulukka!» tenkjer dei som er trygge. «Ho ventar dei ¬som er ustøe på foten.» Valdsmenn får ha sine telt ¬i fred; trygge er dei ¬som vekkjer Guds vreide og trur dei har Gud i si hand. Spør berre dyra, ¬dei skal læra deg, himmelens fuglar, ¬dei skal gje deg kunnskap. Eller tenk på jorda, ¬ho kan opplysa deg, fisken i havet ¬har noko å fortelja. Kven skjønar ikkje, ¬når han ser alt dette, at Gud har skapt det ¬med si kraft? Han har kvar levande sjel ¬i si hand og rår over ånda ¬i kvar manns kropp. Prøver ikkje øyra ¬dei ord som vert sagde, liksom ganen smakar på maten? Er det berre dei gamle ¬som har visdom, berre eit langt liv ¬som gjev skjøn? Hjå Gud er visdom og velde, han legg planar med vit. Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp; når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna. Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort, han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg. Hjå han er styrke og klokskap; han rår over den som fer vilt, og over den som fører vilt. Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort, og domarar gjer han til dårar. Han løyser kongars lekkjer og bind hoftekledet om dei. Han fører prestar ¬berrføtte bort og feller mektige menn. Han tek mælet ¬frå pålitelege folk og dømekrafta frå dei eldste. Han auser vanvørdnad ¬ut over fyrstar og løyser beltet på sterke menn. Han avslører det ¬som er løynt i mørkret, og det ¬som er stummande mørkt, fører han fram i ljoset. Han lèt folka auka ¬– og gjer ende på dei, lèt folkeslag breia seg ¬– og fører dei bort. Han tek vitet ¬frå landsens hovdingar og fører dei vilt i veglaus audn. Dei fomlar i mørker, ¬og det ljosnar ikkje, han lèt dei raga ¬som drukne menn. Alt dette har eg sett ¬med eigne augo, eg har høyrt det ¬og merka meg det. Det de veit, veit eg òg, eg er ikkje ringare mann enn de. Men eg vil tala ¬til Den Allmektige og forsvara meg mot Gud. Men de som smør på så tjukt ¬med lygn, kvaksalvarar er de alle. Gjev de ville teia! Då skulle de reknast for vise. Så høyr kva eg har å seia imot, lyd på mitt innlegg i striden! Vil de forsvara Gud med urett, tala hans sak på svikefull vis? Vil de halda med Gud og vera sakførarar for han? Går det godt ¬om han ransakar dykk? Vil de narra han ¬som ein narrar menneske? Han kjem til å refsa dykk om de i løynd held med han. Vert de ikkje skræmde ¬av hans velde, kjenner de ikkje redsle for han? Dei fyndord de talar, ¬er som oske, og dei svar de gjev, ¬held like lite som leire. Tei stilt og lat meg få tala, kva som enn måtte henda meg! Eg vel den farefulle vegen, ja, set livet på spel. Eg ventar på han ¬som vil drepa meg, eg vil visa han at mi ferd er rett. Og det skal verta mi berging; for ingen gudlaus ¬kan gå fram for han. Så høyr då vel på mine ord, og lyd på mi utgreiing! Sjå, no legg eg fram mi sak, eg veit at eg har rett. Kan nokon føra klagemål ¬mot meg? Då ville eg teia stilt og døy. Berre to ting ¬må du spara meg for, så slepp eg løyna meg for deg. Ta handa di bort frå meg, lat meg ikkje skræmast ¬av redsle for deg! Stemn meg du, så skal eg svara, eller lat meg tala, ¬og svar meg du! Kor mange er mine brot ¬og synder? Lat meg få vita om mi synd ¬og skuld! Kvifor løyner du andletet ¬for meg? Kvifor held du meg ¬for ein fiende? Vil du skræma ¬eit bortblåse blad og springa ¬etter eit turt halmstrå? Hardt er ditt klageskriv ¬mot meg, du lèt meg bøta ¬for min ungdoms synder. Du set mine føter i blokka; sidan vaktar du på meg ¬kvar eg går, og merkjer av mine fotefar, endå eg er ¬som ein utsliten skinnsekk, lik mòletne klede. Mennesket, ¬født av ei kvinne, lever kort og fyllest av uro. Det skyt opp som blomen ¬– og visnar, det fer bort som skuggen ¬og står seg ikkje. Men du held vake auga ¬med mannen og stemner han for din domstol. Kan det koma ein rein ¬av ein urein? Nei, ikkje ein. Er mannens levetid fastsett, har du avgjort hans månadstal, har du sett ei grense for han, som han ikkje kjem utom, så lat han få vera i fred medan han gleder seg ¬over sin arbeidsdag. For eit tre er det von. Vert det hogge, ¬kan det veksa opp att; det vantar ikkje renningar. Om røtene i jorda eldest, og stuven morknar i molda, så veks det opp att ¬ved eimen av vatn og set skot som eit nyplanta tre. Men når mannen døyr, ¬er det ute med han, går mennesket bort, ¬kvar finst det då? Som vatnet renn ut or sjøen, som elva minkar og turkar ut, såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp; han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til; ingen vekkjer han or svevnen. Gjev du ville gøyma meg og halda meg løynd i dødsriket til vreiden din går over! Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for meg og så atter koma meg i hug! Kunne ein som er død, få liv, då ville eg halda ut i striden til det kom avløysing for meg. Då skulle du ropa på meg ¬og få svar, du skulle lengta ¬etter din skapning. Då skulle du telja kvart steg ¬eg tek, og ikkje akta på mi synd. Mitt brotsverk er gøymt ¬som i ein pung, og du har sett stengsle ¬for mi skuld. Men fjell kan falla ¬og smuldra bort, og berg kan rykkjast av lage. Som vatn holar ut stein, og ausregn skyl moldjord ¬bort, såleis gjer du ende ¬på mannens von. Du vinn over han for alltid, og han må gå sin veg; du sender han bort ¬med skamfare andlet. Kjem hans søner til ære, ¬veit han det ikkje; går det nedover med dei, ¬merkar han det ikkje. Han har nok ¬med verken i sin kropp og med si eiga sjelenaud. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa: Kan ein vismann svara ¬så bort i veret og blåsa seg opp ¬med tomt snakk, forsvara si sak ¬med gagnlaus tale, med ord som ikkje duger? Jamvel agen for Gud ¬bryt du ned og hindrar den stille ettertanke ¬for Guds åsyn. Det er di synd som lærer deg ¬å bruka munnen, du vel å tala med listig tunge. Det er din munn ¬som dømer deg, ikkje eg, dine lipper vitnar imot deg. Vart du fødd ¬før andre menneske, vart du til før alle haugar? Var du tilhøyrar ¬då Gud heldt fortruleg råd, reiv du til deg visdom der? Kva veit du som vi ikkje veit, kva skjønar du ¬som er ukjent for oss? Somme av oss er gamle og grå, eldre av år enn din eigen far. Er Guds trøystande ord ¬ikkje nok for deg, ord som kjem til deg så mildt? Kvifor lèt du kjenslene ¬riva deg med, kvifor rullar du med augo? Du vender din harme mot Gud og tek sterke ord i din munn. Kor kan vel eit menneske ¬vera skuldlaust? Kan den som er fødd ¬av ei kvinne, ha rett? Gud lit ikkje eingong ¬på sine heilage englar, og himmelen er ikkje rein ¬i hans augo, langt mindre ein mann ¬som er stygg og vond, som sluker urett liksom vatn. Eg skal seia deg noko, ¬høyr på meg! Eg vil fortelja det eg har sett, det som vise menn har forkynt, og som fedrane ikkje heldt dult. Berre til dei vart landet gjeve, ingen framand drog saman ¬med dei. Den gudlause lever støtt i angst, valdsmannen har ikkje ¬mange år i vente. Han høyrer skræmande lydar, midt i fredstid ¬kjem herjaren mot han. Han trur ikkje ¬han kjem att frå mørkret, han er etla til å falla for sverd. Han flakkar om etter brød ¬– men kvar finst det? Han veit ¬han har mørke dagar i vente. Naud og trengsle skræmer han og tek makta frå han liksom ein konge, budd til strid. For han har lyft si hand ¬mot Gud og vore trassig ¬mot Den Allmektige. Han stormar mot han, ¬bratt i nakken, under sitt tjukke, boga skjold. Hans andlet er bolna av feitt, og han legg på seg ¬kring hoftene. Han slår seg ned ¬i øydelagde byar, i hus der ingen kan bu, fordi dei held på å siga i røys. Han vert ikkje rik, ¬hans velstand forgår, grøda bognar ikkje ¬på hans jord. Han slepp ikkje ut or mørkret; logen skal svi hans friske skot, og vinden ¬skal sopa bort blomen. Han må ikkje lita ¬på det som er fåfengt, for då narrar han seg sjølv, og gagnlaust er det han får att. Han skal visna ¬før tida er komen, og greinene hans ¬skal aldri meir grønkast. Han liknar eit vintre ¬som misser karten, eit oliventre som blomen fell av. Nei, den gudlause flokken ¬får inga frukt, og elden øyder telta ¬åt dei som tek muter. Dei avlar udåd ¬og føder vondskap, frå deira fang kjem berre svik. Då tok Job til ords og sa: Eg har høyrt nok av dette; brysame trøystarar er de alle. Vert det aldri slutt på tome ord? Kva er det ¬som eggjar deg til å svara? Eg kunne vel òg ha tala som de, om de hadde vore i min stad. Då kunne eg halde fine talar og rist på hovudet av dykk. Men eg ville ha styrkt dykk ¬med min tale og ikkje spart på milde ord. Om eg tala, skulle det ikkje ¬vanta på medynk, og han tok ikkje slutt ¬om eg heldt opp. Men no har Gud ¬gjort meg kraftlaus! Du øydde ut alle ¬som høyrde meg til. Du tok tak i meg, ¬og det vitna imot meg; min sjukdom stod fram ¬og klaga meg. I vreide og fiendskap ¬riv han meg sund, han skjer tenner mot meg. Mine fiendar kvesser augo og spilar opp gapet mot meg, dei slår meg hånleg på kinnet og rottar seg saman mot meg. Gud har gjeve meg ¬vonde menn i vald, han har kasta meg ¬i hendene på nidingar. Eg levde i fred, ¬då riste han meg, tok meg i nakken ¬og knuste meg. Han sette meg opp ¬til skyteskive, hans piler kom mot meg ¬frå alle kantar. Nådelaust kløyvde han ¬nyrene mine, han lét min galle renna til jorda. Flengje på flengje ¬reiv han i meg og storma mot meg ¬som ein krigar. Syrgjeplagg har eg sytt ¬om min kropp og bøygt meg audmjukt i støvet. Andletet mitt er raudt av gråt og augneloka svarte, endå hendene ikkje er merkte ¬av udåd, og bøna mi er rein. Å, jord, du må ikkje gøyma ¬mitt blod, lat aldri mitt klagerop stilna! Eg har då mitt vitne ¬i himmelen, ein som talar mi sak i det høge. Venene mine spottar meg, gråtande vender eg augo ¬til Gud. Gjev han må la mennesket ¬få rett hjå Gud og avgjera striden mellom ¬mannen og hans neste! For det er ikkje mange år ¬før eg fer den vegen ¬som aldri fører attende. Mi livskraft er slokna, mi tid er ute, eg har berre grava i vente. Sanneleg, eg møter spott, mine augo er trøytte ¬av deira motstand. Lat ein annan gå god for meg ¬hjå deg! Kven skulle elles gje meg ¬sitt handtak? Du har stengt deira hjarta ¬for skjøn, difor lèt du dei ikkje triumfera. Ein mann fortel sine vener korleis eigedomen hans ¬skal delast; men sønene hans ¬får sløve augo. Du har gjort meg ¬til spott og spe for folk, eg er ein mann ¬som dei spyttar på. Augo mine er sløve av sorg, mine lemer kverv ¬som ein skugge. Rettferdige folk støkk til ¬av slikt, den skuldlause argast ¬på den som er gudlaus. Men den rettferdige ¬held fast på si ferd, og den som har reine hender, får endå større kraft. Men de, kom att alle saman! Eg finn ingen vismann ¬mellom dykk. Mi tid er ute, ¬mine planar er knuste, alle dei ynske eg hadde. Mine vener gjer natta ¬til dag og seier at ljoset ¬er nærare enn mørkret. Er det von for meg? Dødsriket er min bustad, i mørkret reier eg mi lege. Eg ropar til grava: ¬«Du er min far!» og til krypet i jorda: ¬«Mi mor og syster!» Kvar finst vel det ¬som eg kan venta på? Er det nokon ¬som øygnar von for meg? Går vona til dødsriket ¬saman med meg, sig vi ned i støvet på same tid? Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa: Kor lenge vil de velja ¬så varsame ord? Tenk dykk om, ¬så skal vi talast ved! Kvifor skal vi reknast som fe? Trur de at vi er ureine? Du som riv deg sund i vreide, skal jorda øydast for di skuld og fjellet flyttast frå sin stad? Ljoset sloknar for den gudlause, det logar ingen eld på hans åre. Ljoset i teltet hans går ut, og lampa sloknar for han. Hans sterke steg vert hindra, han fell for sin eigen plan. Hans føter vert fanga i garnet, og han går i nettet. Snara grip han om hælen, rennelykkja held han fast. Garnet han går i, ¬er løynt på jorda, snara ligg på hans veg. Redsler skræmer på alle kantar, dei jagar han ¬kvar han set sin fot. Ulukka hungrar etter han, undergang står ferdig ¬attmed han. Hans hud tærest bort ¬stykke for stykke, ein drepande sjukdom ¬et hans lemer. Han vert riven ut or ¬sitt trygge telt; du fører han bort ¬til redselskongen. Andre kan bu ¬i det teltet han åtte, svovel vert strøytt ¬på hans bustad. Nede i jorda turkar hans røter, og ovantil visnar hans greiner. Hans minne kjem bort ¬frå landet, ingen nemner hans namn ¬på gata. Dei støyter han frå ljoset ¬og ut i mørkret, dei jagar han ut or verda. Han har ikkje born, ingen etterkomar i sitt folk; der han budde, ¬slapp ingen unna. Dei støkk til i vest ¬når dei ser hans lagnad, og i aust vert dei gripne ¬av redsle. Ja, så går det ¬med nidings bustad, med heimen til den ¬som ikkje kjenner Gud. Då tok Job til ords og sa: Kor lenge vil de plaga meg og knusa meg med ord? Det er tiande gongen ¬de spottar meg og går laus på meg utan skam. Har eg i røynda fare vilt, så er det mi eiga sak. Er de verkeleg større enn eg, så syn meg at skamma er mi! De må då skjøna ¬at Gud gjer meg urett når han spenner sitt garn ¬ikring meg. Eg ropar: «Vald!» ¬men får ikkje svar, eg skrik om hjelp, ¬men det finst ingen rett. Han har stengt vegen, ¬eg kjem ikkje fram, han har lagt mine stigar ¬i mørker. Han har teke mi ære frå meg og rive kransen av mitt hovud. Han har brote meg ned ¬på alle kantar, eg må gå min veg; mi von har han rykt opp ¬som eit tre. Han lèt sin vreide ¬loga mot meg, han held meg ¬for sin motstandar. I fylking kom hans hærflokkar ¬mot meg, dei brøytte seg veg ¬og slo leir kring mitt telt. Mine brør held seg unna, mine kjenningar ¬har vendt seg frå meg. Dei som stod meg nær, er borte, dei som kjenner meg, ¬har gløymt meg. Huslyd og tenestjenter held meg for ein framand, eg har vorte som ein utlending ¬for dei. Når eg ropar på tenaren, ¬svarar han ikkje; eg må be han audmjukt ¬om hjelp. Min ande byd mi kone imot, mine brør synest ¬at eg luktar vondt. Jamvel gutungar vanvørder meg og snur ryggen til ¬når eg reiser meg. Alle mine beste vener styggjest ved meg, og dei som eg elska, vender seg mot meg. No er eg berre skinn og bein, einast tannkjøtet er uskadt. Ver milde og miskunnsame, ¬vener, Gud har rørt meg med si hand. Kvifor jagar de meg ¬så som Gud, får de ikkje nok av mitt kjøt? Gjev mine ord vart skrivne, vart teikna opp i ei innskrift, ja, rita i fjellet for alltid med jerngriffel og bly! Men eg veit ¬at min utløysar lever, og som den siste ¬skal han stå fram på molda. Når det ikkje er noko att ¬av mi hud og mitt kjøt er borttært, då skal eg skoda Gud. Med eigne augo skal eg sjå han, eg sjølv og ikkje ein framand. Å, eg tærest bort av lengsle! Når de seier: «Vi vil jaga han, rota til ulukka finst hjå han,» då må de reddast for sverdet; det er straffa for slike synder. Då skal de sanna ¬at det finst ein domar. Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa: Mine tankar gjev meg svar ¬på dette, difor er eg så oppøst. Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord, men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar. Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid, heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda: Dei gudlause jublar ¬ei lita stund, ein augneblink varer ¬nidingens glede. Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt, og hans hovud reiser seg ¬mot sky, så går han for alltid ¬til grunne som skit; dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?» Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir, han kverv som eit syn om natta. Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger, han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad. Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp; og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende. Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft, men no må ho fylgja ¬med han i støvet. Det vonde smakar søtt ¬i hans munn, han gøymer det under tunga. Han sparer på det ¬og slepper det ikkje, men held det fast mot ganen. Likevel vert maten omskapt ¬i hans mage og vert til ormeeiter i hans liv. Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp, Gud driv det ut or hans buk. Ormeeiter må han suga i seg, hoggormen drep han ¬med si tunge. Aldri får han sjå at det renn bekker med honning ¬og elvar med mjølk. Han må gje att ¬det han har vunne, og får ikkje nyta godt av det; han har inga glede ¬av den rikdom han vann. For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja, han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt. Men inni seg fekk han aldri ro, med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast. Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst, difor skal hans velstand ¬ikkje vara. Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod, ulukka råkar han ¬med all si makt. For at han skal få nok, sender Gud imot han ¬sin brennande vreide og lèt undergang regna på han. Rømer han for jernvåpen, skal ein bronseboge ¬gjennombora han. Han dreg pila ut or ryggen og blanke odden or galleblæra; då vert han gripen av redsle. Berre mørker har han i vente. Han skal øydast av ein eld som ingen blæs på. Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna, skal det gå ille. Himmelen openberrar ¬hans skuld, og jorda reiser seg mot han. Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad, ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag. Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud, det er den arv han har etla dei. Då tok Job til ords og sa: Høyr vel etter det eg seier, lat det vera den trøyst ¬de gjev meg. Ber over med meg, ¬så eg får tala; når eg er ferdig, kan de spotta. Er det menneske mi klage gjeld? Har eg ikkje grunn ¬til å vera utolmodig? Vend dykk hit, ¬så vil de støkka til og leggja handa på munnen. Eg tenkjer på noko ¬som gjer meg forfærd, heile kroppen skjelv: Kvifor skal dei gudlause få leva, verta gamle og auka si makt ¬og sin rikdom? Trygt lever borna deira hjå dei, etterkomarane ¬har dei ikring seg. Deira hus er trygge ¬mot det som skræmer, og Gud brukar ikkje riset ¬på dei. Hjå dei spring oksane ¬aldri fåfengt, kyrne kalvar og kastar ikkje. Dei slepper ut småborna ¬som sauer, og gutane hoppar og dansar. Dei syng til tromme- og lyrelåt og jublar til fløytetonar. Dei endar sine dagar i lukke og går til dødsriket i fred. Endå seier dei til Gud: ¬«Gå frå oss! Vi har ikkje hug ¬til å kjenna din veg. Kvifor skal vi tena ¬Den Allmektige? Kva nyttar det ¬at vi bed til han?» Dei gudlause ¬har ikkje lukka i si hand, dei legg planar ¬utan å rekna med Gud. Kor ofte sloknar lampa ¬for nidingar, kor ofte kjem ulukka over dei? Er det slik ein lagnad ¬han gjev dei i sin vreide? Lèt han dei verta ¬som halmstrå i vinden, lik agner ¬som stormen sopar bort? Er det Guds vilje ¬å spara mannen og la ulukka ¬koma over hans born? Nei, han burde straffa han sjølv ¬så det kjennest. Han skulle få sjå sin undergang, drikka vreidevin ¬frå Den Allmektige. For kva bryr han seg ¬om si ætt etter døden, når hans tilmælte tid er ute? Er det nokon som vil læra Gud, han som rår ¬over dei høgaste skapningar? Éin døyr midt i si beste kraft, heilt igjennom sorglaus ¬og roleg, hans kar er fulle av mjølk, og hans bein har saftfull merg. Ein annan døyr med bitter hug og har aldri fått nyta lukke. Så ligg dei begge nedi molda, fulle av makk og kryp. Ja, eg kjenner dykkar tankar, dei vonde planar ¬de legg imot meg. For de spør: ¬«Kvar er stormannens hus? Kvar er teltet ¬der dei gudlause budde?» Har de ikkje spurt vidfarne folk og lagt merke til ¬det dei kan fortelja? Den vonde vert spart ¬på ulukkedagen, han finn berging ¬på vreidedagen. Kven påtalar ope ¬hans ringe ferd, kven gjev han att ¬for det han har gjort? Dei ber han til grava, og ved gravhaugen ¬held dei vakt. Han kviler i fred ¬under torva i dalen. Alle menneske fylgjer etter, og ei tallaus mengd ¬har gått føre. Nei, de trøystar meg ¬til inga nytte, falske er dei svar de gjev. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa: Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud? Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv. Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd, har han vinning ¬av at du er heil i di ferd? Er det di gudsfrykt ¬han refser deg for når han fører klagemål ¬mot deg? Er ikkje din vondskap stor og dine misgjerningar ¬utan ende? Du panta brørne dine ¬utan grunn, drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne. Den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne lét du ikkje få brød. Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt, og berre storfolk skal bu der! Du sende enkjer ¬tomhendte bort og nekta å hjelpa farlause born. Difor er snarer sette ikring deg, brått vert du gripen av redsle. Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå, ein vassflaum skyl over deg. Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen? Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er! Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud? Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen? Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjå der han vandrar ¬utmed himmelranda.» Vil du fylgja den gamle stigen som ugjerningsmenn ¬har trakka? Dei vart rivne bort før tida, flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll. Dei sa til Gud: «Gå frå oss! Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?» Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting; nidingars råd var langt ifrå han. Dei rettferdige ¬ser det med glede, og dei skuldlause spottar dei: «Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre, resten av dei har elden øydt.» Forlik deg no med han ¬og hald fred, så skal lukka venda tilbake ¬til deg. Ta imot rettleiing ¬frå hans munn, og legg deg hans ord på hjarta. Vender du om ¬til Den Allmektige, skal du atter reisast opp. Held du urett borte frå ditt telt, og kastar du gullet ditt i støvet, ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken, skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg, ja, som det finaste sølv. Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige, og lyfta andletet til Gud. Når du bed til han, ¬vil han høyra deg, og du skal gjera det du har lova. Det du set deg føre, ¬skal lukkast, og ljos skal skina på dine vegar. Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig, men frelser dei ¬som slår augo ned. Han bergar den ¬som er fri for skuld; har du reine hender, ¬vert du berga. Då tok Job til ords og sa: Ja, i dag må eg klaga sårt. Tungt ligg hans hand på meg ¬når eg sukkar. Å, visste eg berre korleis eg kunne finna han og koma fram ¬for hans kongsstol. Då la eg fram for han mi sak og fylte min munn ¬med gode grunnar. Då fekk eg vita ¬kva han ville svara, og skjøna ¬kva han ville seia meg. Ville han strida mot meg ¬med si store makt? Å nei, han ville nok høyra ¬på meg. Så drøfte eg ærleg mi sak ¬med han og berga min rett for alltid. Men går eg mot aust, ¬så er han ikkje der, og mot vest, ¬så merkar eg han ikkje. Går eg mot nord, ¬ser eg ikkje kva han gjer, snur eg mot sør, ¬får eg ikkje auga på han. Han kjenner den vegen eg går; som gull ¬skulle eg stå hans prøve. Eg fylgde støtt i hans fotefar og heldt meg trufast ¬på hans veg. Eg veik ikkje av ¬frå dei bod han gav, men gøymde hans ord ¬i min barm. Han er alltid den same ¬– kven kan hindra han? Det han har hug til, ¬det gjer han. Han fullfører det ¬han har fastsett for meg, og mykje slikt har han i tankar. Difor gruar eg for å møta han; når eg tenkjer på han, ¬må eg skjelva. Gud har gjort meg motlaus, Den Allmektige ¬har skræmt meg. Men mørkret ¬har ikkje tynt meg, endå det skumrar ikring meg. Kvifor har ikkje ¬Den Allmektige sett av tider til dom? Kvifor får ikkje dei ¬som kjenner han, sjå at hans dagar kjem? Dei gudlause ¬flytter merkesteinar, dei røvar sauer ¬og sender dei på beite. Esla åt farlause driv dei bort, og oksane åt enkjer ¬tek dei i pant. Fattige tvingar dei ut av vegen, dei hjelpelause ¬må gøyma seg for dei. Som villesel i øydemarka går dei til arbeids. På aude moar ¬leitar dei etter mat; der må dei finna føde til borna. Dei haustar fôr på marka og sankar den frukt som er leivd i vingarden åt dei vonde. Halvnakne ligg dei ute ¬om natta, utan klede eller teppe i kulden. På fjellet vert dei våte av regn; fordi dei ikkje har livd, trykkjer dei seg tett ¬inn til berget. Somme riv farlause born ¬frå brystet og tek pant av dei hjelpelause. Dei går nakne ikring, ¬dei har ikkje klede, svoltne må dei bera kornband. Mellom murane pressar dei olje, tyrste trakkar dei vinpressa. Frå byen høyrest støn ¬av døyande menneske, og dei som er såra, ¬skrik om hjelp. Men Gud bryr seg ikkje ¬om deira bøn. Andre gjer opprør mot ljoset. Dei kjenner ikkje ljosets vegar, held seg ikkje på ljosets stigar. Før dagen renn, ¬står drapsmannen opp og slår i hel ein fattig stakkar. Om natta er tjuven på ferde. Horkaren ventar på skumringa. Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,» og så løyner han andletet. I mørkret gjer tjuvane innbrot; dei stengjer seg inne om dagen, for dei vil ikkje vita av ljoset. Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon, dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret. Men brått vert dei borte ¬som på vatnet. Forbanna er deira lut i landet, ingen tek vegen til vingardane. Turk og hete tek snøvatnet bort, dødsriket sluker ¬den som syndar. Mor hans gløymer han, makken godtgjer seg med han, og ingen minnest han meir. Vondskapen knekkjest som ¬eit tre. Han var hard med kvinner ¬som ikkje fekk born, og gjorde ikkje vel mot enkjer. Men Gud riv bort sterke menn ¬med si kraft; når han reiser seg, ¬er ingen trygg for sitt liv. Han gjer dei trygge ¬og gjev dei støtte, men augo hans ¬vaktar deira ferd. Dei når høgt for ei tid, ¬men så er det slutt; dei bøyest ned og rykkjest opp ¬som alle andre, som mogne aks ¬vert dei avskorne. Er det ikkje så? Kan nokon seia at eg lyg og gjera mitt ord om inkje? Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa: Gud har velde og valdar redsle, han skaper fred ¬i sin høge himmel. Kan nokon telja hans fylkingar? Får ikkje alle sitt ljos frå han? Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud, kan den som er fødd ¬av ei kvinne, vera rein? Jamvel månen ¬skin ikkje klårt nok for han, i hans augo ¬er ikkje stjernene reine. Kor mykje mindre då ¬menneskekrypet, mannen – den makken han er? Då tok Job til ords og sa: Kor godt du har hjelpt ¬ein kraftlaus mann og støtta ein arm ¬som ikkje har styrke! Du gav råd ¬til den som vanta visdom, og stort skjøn lét du han få. Kven hjelpte deg til å finna ord, kven kjem ho ifrå, den ånda som går ut frå deg? Daudingane skjelv av angst ¬der nede, vatnet og alt som held til i det. Dødsriket ligg ope for Gud, undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han. Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna, hengt jorda opp ¬over det tome rom. Vatnet sveiper han i skyer, og skylaget brest ikkje ¬under det. Han stengjer, ¬så ingen ser hans kongsstol når han breier sine skyer ¬ut under den. Han har drege opp ¬himmelranda over havet, der grensa går ¬mellom ljos og mørker. Søylene under himmelen skjelv, lamslegne er dei når han trugar. Han rørte opp havet ¬med si kraft og knuste Rahab i sin klokskap. Når han lèt det blåsa, ¬klårnar himmelen. Med si hand ¬har han gjennombora ormen som rømer så raskt. Sjå, dette er berre randa ¬av hans verk; det er som å høyra ei kviskring. Kven kan då skjøna den tora som lyder når han gjer storverk? Job heldt fram med visdomstalen sin og sa: Så sant Den Allmektige lever, han som ikkje lèt meg få ¬min rett, Gud som har gjort meg beisk ¬i hug: Så lenge det er livsande i meg, pust frå Gud i min nase, skal eg ikkje ta urett ¬på mine lipper eller svik på mi tunge ¬når eg talar. Eg kjem aldri til å gje dykk rett; så lenge eg lever, gjev eg ikkje opp mi ¬ærlege ferd. Eg held fast på min rett ¬og slepper han ikkje. Hjarta mitt klagar meg ikkje for noko eg har gjort i mitt liv. Lat min fiende stå der ¬som niding, min motstandar ¬som ugjerningsmann. For kva kan den gudlause ¬vona på når Gud skjer livstråden av og gjer ende på hans liv? Høyrer Gud hans klagerop når trengsla kjem over han? Kan han gleda seg ¬over Den Allmektige og stendig ropa til Gud? Eg vil læra dykk om Guds makt og ikkje dølja kva ¬Den Allmektige har tenkt. De har då sett det, alle saman. Kvifor kjem de så ¬med tome ord? Dette er den lagnad som det vonde mennesket får ¬hjå Gud, den arv som valdsmannen får frå Den Allmektige. Om borna hans er mange, skal dei falla for sverd, og etterkomarane får ikkje brød, så dei kan eta seg mette. Dei som slepp unna, ¬skal døy i pest, og enkjene held ikkje ¬syrgjehøgtid. Når han haugar opp sølv ¬som mold og samlar seg klede som leire, skal rettferdige kle seg med det han har samla, og skuldlause menn dela sølvet. Det huset han byggjer, er som spindelvev, som lauvhytta vaktmannen ¬lagar seg. Han legg seg ned ¬som rikmann, men det gjer han aldri meir; når han vaknar, ¬er rikdomen borte. Redsler når han att som vatn, om natta ¬sopar stormen han bort. Austavinden lyfter han opp og riv han med, ¬så han fer av stad. Folk kastar på han utan skånsel, han må røma frå deira vald ¬og makt. Dei klappar hånleg i hendene og pip han bort frå hans stad. Det finst gruver ¬der det er sølv, og stader der dei vaskar ut gull. Jern hentar dei fram or jorda, og kopar smeltar dei ¬ut or malmen. Menneska bryt ¬igjennom mørkret; inst i krokane leitar dei opp stein som ligg i svarte mørkret. Arbeidarar frå framande land ¬grev sjakter. Gløymde av folk ¬og utan fotfeste heng dei og dinglar i reip langt borte frå menneske. Jorda gjev brødkorn; men djupt der nede vert ho omsnudd med eld. I steinen er det safir, og der finst det gullklumpar òg. Ingen rovfugl kjenner vegen dit, den har inkje falkeauga sett. Der har korkje stolte rovdyr gått eller løveungar sett sin fot. Folk legg hand ¬på den harde steinen og grev fjella om frå grunnen. Når dei høgg ut gangar i berget, får dei auga ¬på alle slag dyre ting. Dei demmer for dropet ¬frå vassårene og hentar løynde skattar ¬fram i dagen. Men visdomen, ¬kvar finst vel han, og vitet, ¬kvar har det sin bustad? Ingen veit kva han er verd, han finst ikkje ¬i landet åt dei levande. Djupet seier: ¬«I meg er han ikkje,» havet seier: «Han er ikkje her.» Ein kan ikkje få han ¬for det finaste gull, prisen kan ikkje betalast ¬med sølv; han kan ikkje kjøpast ¬for Ofir-gull, for dyr karneol og safir. Korkje gull eller glas ¬kan liknast med han, og ingen kan byta han til seg for kar av det finaste gull. Korallar og bergkrystall kan ikkje nemnast attåt han; å eiga visdom ¬er betre enn perler. Krysolitt frå Nubia ¬kan ikkje liknast med han, han kan ikkje betalast ¬med reint gull. Kvar kjem då visdomen frå, og kvar har vitet sin bustad? Han er usynleg ¬for alle som lever og løynd for fuglane ¬under himmelen. Undergangsstaden ¬og døden seier: «Vi har berre høyrt ¬ei tidend om han.» Men Gud kjenner vegen ¬til visdomen, han veit ¬kvar han har sin bustad. Hans auga når ¬til heimsens endar, alt under himmelen ser han. Då han gav vinden styrke og lét vatnet få det rette mål, då han sette ei lov for regnet og gjorde veg for toreskya, då såg han visdomen ¬og mælte han, han lét han stå fram ¬og granska han. Og han sa til mennesket: Å ottast Herren, det er visdom, å halda seg frå vondskap, ¬det er vit. Job heldt fram med visdomstalen sin og sa: Gjev eg hadde det ¬som i farne dagar, då Gud verna om meg, då hans lampe lyste ¬over mitt hovud, og eg gjekk gjennom mørkret ¬i hans ljos, som eg hadde det då eg var ung, då Guds venskap kvilte ¬over mitt telt, då Den Allmektige ¬endå var med meg, og eg hadde mine søner ¬ikring meg, då eg kunne lauga mine føter ¬i mjølk, og bekker av olje rann ned ¬frå berget. Når eg gjekk ut til byporten og tok sete på torget, då drog dei unge seg tilbake så snart dei fekk auga på meg, og dei gamle reiste seg og stod. Hovdingar heldt opp med å tala og la handa på sin munn. Stormenn tagna, tunga deira hang fast ¬ved ganen. Alle som høyrde om meg, prisa meg sæl, og kvar den som såg meg, gav meg lovord. Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp, den farlause ¬som ingen hjelpar hadde. Forkomne menneske ¬velsigna meg, eg gjorde enkjer jublande glade. Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad, rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban. Augo var eg for dei blinde og føter for dei halte. Eg var ein far for dei fattige og granska saker ¬for folk eg ikkje kjende. Eg knuste kjaken på nidingar og reiv rovet ut or gapet på dei. Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir, mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn. Til mine røter ¬skal vatn finna veg, og dogg skal falla ¬på mine greiner. Støtt skal mi ære fornyast ¬for meg og bogen få ny kraft ¬i mi hand.» Folk høyrde på meg, dei venta og var stille når eg gav råd. Og når eg hadde tala, tok ingen ordet; min tale draup ned over dei. Dei venta på mine ord ¬som på regn, dei opna munnen ¬som for vårregn. Var dei motlause, ¬smilte eg til dei; stråla mitt andlet, ¬var ingen sorgfull. Eg valde veg for dei; ¬eg sat øvst og trona som ein konge ¬mellom sine stridsmenn, lik ein som trøystar dei ¬som syrgjer. No ler dei åt meg, dei som er yngre av år ¬enn eg. Deira fedrar akta eg så lite at eg ikkje sette dei mellom mine gjætarhundar. Har dei slik styrke i hendene at dei kan vera til hjelp for meg? Dei har då mist ¬si manndomskraft. Uttærte av naud og svolt går dei og gneg på turre moar som alt i går ¬var aude og snaue. Under buskane ¬plukkar dei melde, dei et røter av gyvelbusken. Utstøytte er dei ¬frå samfunn med menneske, folk ropar etter dei ¬som etter ein tjuv. Dei må halda til i ville kløfter og bu i holer i jord og berg. Dei skrik mellom buskane og klyngjer seg saman ¬mellom høge tistlar, utskot og ærelause folk, som er drivne frå landet. No syng dei spotteviser ¬om meg, eg har vorte eit utnemne for dei. Dei styggjest ved meg ¬og held seg borte, dei blygjest ikkje ¬ved å spytta på meg. Gud har gjort min bogestreng ¬slakk, han har audmykt meg; difor tøymer dei seg ikkje når dei møter meg. Deira avkom har reist seg ¬på høgre sida og spenner føtene under meg, dei banar seg veg ¬og vil skada meg. Dei bryt opp mine stigar og gjer det dei kan ¬for å tyna meg, endå ingen hjelper dei. Dei kjem ¬som gjennom ei vid rivne, mellom ruinar velt dei fram. Redsler har kome over meg, mi ære vert bortsopt ¬som av vinden, mi hjelp kverv som ei sky. No er mi livskraft borte, vonde dagar må eg smaka. Om natta vert mine bein ¬gjennombora, og min verk stilnar ikkje. Gud tek tak i min klednad ¬med kraft og snører han om meg ¬som ein skjortekrage. Han har støytt meg ned i søla, eg har vorte ¬som mold og oske. Eg ropar til deg, ¬men du svarar ikkje; eg står der, ¬og du berre ser på meg. Du har vendt deg bort ¬og er nådelaus mot meg, du strider mot meg ¬med veldig hand. Du lyfter meg opp i stormen, eg fer av stad og går til grunne medan stormen rasar. Eg veit at du fører meg ¬til dødsriket, til staden ¬der alle levande samlast. Men retter ikkje mennesket ¬ut si hand når allting sig i røys? Ropar det ikkje om hjelp ¬i ulukka? Eg gret då over dei ¬som hadde tunge dagar, og viste medkjensle ¬med dei fattige. Eg vona på lukke, ¬men ulukka kom, eg venta på ljos, ¬men det vart mørker. Det brusar i meg, ¬eg får ikkje ro; ulukkedagar har møtt meg. Eg går og syrgjer, ¬det er ikkje sol; eg reiser meg i samlinga ¬og ropar om hjelp. No er eg ein bror av sjakalar, med strutsar held eg lag. Skinnet på min kropp er svart, og beina brenn av hete. Mitt lyrespel lyder ¬som syrgjesongar og fløytetonen ¬som gråt og klage. Eg har gjort ein avtale ¬med augo mine at eg ikkje skal sjå på ei møy. Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen, kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge? Ulukke kjem over den ¬som gjer urett, og vanlagnad over den ¬som gjer vondt. Ser ikkje Gud korleis eg ferdast, tel han ikkje alle mine steg? Skulle eg ha fare med svik og vore snar på foten ¬til å lura folk? Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt, så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd. Har eg bøygt av frå vegen og med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta, finst det flekker ¬på mine hender, då kan ein annan få eta ¬det eg har sått, og grøda kan rivast opp ¬med rot. Har eg late meg dåra ¬av kvinner, har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste, då skal kona mi ¬mala korn for ein annan og andre få bøya seg ¬ned over henne! For det ville vera skamlaus ferd, ei misgjerning ¬som fører til straff, ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen; han skulle øyda all mi avling. Krenkte eg retten ¬når eg hadde sak med min træl ¬eller mi trælkvinne, kva skulle eg då gjera når Gud stod opp til doms, kva skulle eg svara når han granska mi sak? Han som skapte meg i mors liv, har ikkje han skapt ¬den andre òg? Er det ikkje den same Gud som har forma oss begge ¬i mors liv? Har eg sagt nei til småkårsfolk når dei bar fram sine ynske, og sløkt glansen i augo ¬på enkjer? Har eg ete mitt brød åleine, så farlause ikkje ¬fekk smaka det? Nei, som ein far ¬har eg fostra dei heilt frå min ungdom, og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer. Kunne eg sjå at nokon flakka ikring ¬utan klede, at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe? Måtte han ikkje velsigna meg fordi han fekk verma hoftene med ull frå lamma mine? Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus, fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten, så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakken og armen min gå or led! For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud, kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde. Har eg sett mi von til gull eller sagt at eg lit ¬på det fine gullet? Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka, fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand? Når eg såg at solljoset stråla og at månen steig i sin glans, då lét eg meg aldri dåra til å hylla dei med løynlege ¬kyss. Nei, det hadde vore ¬ei misgjerning som førte til straff; då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge. Har eg gledt meg ¬over min fiendes fall eller jubla når ulukka råka han? Eg lét aldri min munn ¬få synda så at eg forbanna han ¬og ynskte han døden. Mitt husfolk kan sanneleg seia: «Fekk ikkje alle eta seg mette av kjøtet på hans bord?» Og aldri laut ein framand liggja utfor mitt hus om natta; eg opna dørene for farande folk. Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk, og gøymt mi skuld ved barmen, av di eg var redd ¬for den store hopen, knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar, så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut? Gjev einkvan ville høyra ¬på meg! Sjå, her er mi underskrift – lat Den Allmektige ¬svara meg! Gjev eg hadde det skrivet som min motpart har sett opp! Då skulle eg ta det på aksla, setja det som eit diadem ¬på mitt hovud! Eg skulle svara han ¬for alle mine steg og møta han som ein fyrste. Dersom min åker skrik ¬imot meg og alle hans fòrer græt, dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraft og gjort livet tungt ¬for dei som eig han, så lat det veksa klunger ¬i staden for kveite og ugras i staden for bygg! Her endar Jobs ord. No heldt dei tre mennene opp med å svara Job, fordi han meinte at han hadde rett. Då vart Elihu brennande harm på Job. Elihu var son til Barakel frå Bus, av Rams-ætta. Han vart harm på Job fordi han meinte at han hadde rett mot Gud. Og han vart arg på dei tre venene, fordi dei ikkje hadde noko å svara og såleis gav Gud urett. Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han. Men då han såg at det ikkje fanst svar i deira munn, vart han brennande harm. Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa: Eg er ung av år, ¬og de er gamle. Difor var eg redd ¬og heldt meg tilbake, eg våga ikkje å seia mi meining. Eg tenkte: «Lat alderen tala og dei mange år ¬forkynna visdom!» Men det er ånda i mennesket og anden frå Den Allmektige som gjev det skjøn. Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett. Difor seier eg: Høyr på meg! Eg òg vil seia mi meining. Eg har venta på ¬at de skulle tala, og lydt etter vituge ord, medan de tenkte på ¬kva de skulle seia. Eg gav nøye akt på dykk; men ingen har vist ¬at Job tek feil, ingen har svara på hans ord. Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han. Berre Gud ¬og ikkje noko menneske kan vinna over han.» Han har ikkje retta sin tale ¬til meg, eg vil ikkje svara han så som de. Mållause er dei ¬og svarar ikkje meir, orda sviktar dei heilt. Skal eg venta når dei ikkje talar, når dei står der ¬og ikkje kan svara? Eg òg har noko på hjarta, eg òg vil seia mi meining. For eg er full av ord, ånda i mi bringe driv meg. Mi bringe er lik innestengd vin, lik nyfylte hiter ¬som held på å rivna. No må eg tala, så eg kan få luft, eg vil opna lippene ¬og ta til ords. Eg gjer ikkje skil, vil ikkje smigra eit menneske; for eg skjønar meg ikkje ¬på smiger. Elles kunne min skapar ¬snart riva meg bort. Men høyr på det eg seier, ¬Job, lyd på alle mine ord! Sjå, eg opnar min munn, eg vil bruka mål og mæle. Eg talar av eit ærleg hjarta, eg seier beint fram det eg veit. Det er Guds Ande ¬som har skapt meg, anden frå Den Allmektige ¬held meg i live. Dersom du kan, ¬så gjev meg svar! Stå opp og legg fram di sak! Sjå, for Gud er vi begge like, eg òg er laga av leire. Du treng ikkje skjelva ¬av redsle for meg, mi hand skal ikkje ¬kvila tungt på deg. Du sa då så eg høyrde det, – klårt fekk eg tak i orda: «Eg er rein og utan synd, lytelaus er eg, fri for skuld. Men Gud finn noko å seia ¬på meg, han held meg for sin fiende. Han set mine føter i blokka og vaktar meg kvar eg går.» Nei, til det vil eg svara: «Dette har du ikkje rett i, for Gud er større ¬enn menneske.» Kvifor fører du ¬dette klagemålet mot han: «Han svarar ikkje ¬kva eg så seier.» Gud talar ein gong, ¬ja ein gong til, men folk bryr seg ikkje om det. I draumar og syner om natta, når menneske fell i tung svevn, eller når dei ligg og blundar, då opnar han øyro deira og åtvarar dei ¬på skræmande vis. Han vil få mannen bort ¬frå hans udåd og rydja hovmodet ut hjå han. Han vil spara han for å gå i grav og berga livet hans frå spyd. Mennesket vert tukta med liding på si lege; det er ein stendig strid ¬i hans lemer. Maten byd han imot, han har ikkje hug på den gjævaste kost. Hans hold tærest bort, ¬ein kan ikkje sjå det; det finst ikkje kjøt på hans bein, dei som ikkje var synlege før. Han er komen grava nær, hans liv møter dødens englar. Er det då ein engel attmed han, ein einaste talsmann ¬mellom tusen, som kan seia han ¬kva han skal gjera, så er han nådig mot han ¬og seier: «Fri han frå å fara ned i grava! Eg har fått løysepengar ¬for han.» No vert kroppen sterk ¬som då han var ung, atter vert han ¬som i ungdoms dagar. Han bed til Gud, ¬som har godvilje for han, med jubel får han sjå ¬Guds åsyn, og ‘han‘ lèt mannen få att ¬si rettferd. Han syng ¬så menneska høyrer det: «Eg hadde synda ¬og krenkt retten, men han gav meg ikkje lika ¬for det. Han fria meg frå å gå i grav, no får eg leva og sjå ljoset.» Sjå, alt dette gjer Gud ¬for mannen både to og tre gonger. Han fører han opp or grava, så han får sjå ljoset ¬i landet åt dei levande. Høyr etter, Job, og lyd på meg! Ver still, så eg får tala. Har du noko å seia, så svar meg! Tal, for eg vil gjerne gje deg rett. Og har du ikkje, ¬så høyr på meg! Ver still, ¬så skal eg læra deg visdom. Elihu tok atter til ords og sa: Høyr mine ord, de vise menn, lyd etter, de som veit så mykje! Øyra prøver ord som vert sagde, liksom ganen smakar på maten. Lat oss velja det som er rett, og saman finna ut ¬kva som er godt. Job har sagt: «Eg er rettferdig, Gud har sett min rett til sides. Eg har rett, ¬men vert halden for lygnar, eg er skuldlaus, ¬men såra til døden.» Finst det ein mann som Job? Han talar spottord ¬som ein drikk vatn. Han går i lag ¬med ugjerningsmenn og held seg til gudlause folk. For han har sagt: Kva gagnar det ein mann om han er ven med Gud? Difor skal de høyra på meg, de vituge menn. Gud gjer aldri vondt, Den Allmektige gjer ikkje urett. Han løner mannen ¬for hans gjerning, lèt alle få att etter si ferd. Nei, Gud gjer så visst ¬ingen urett, Den Allmektige rengjer ¬ikkje retten. Kven har gjeve han tilsyn ¬med jorda og overlate heile verda til han? Dersom han berre tenkte ¬på seg sjølv og tok att sin ande ¬og sin livspust, då døydde ¬kvar levande skapning, og mennesket vart atter til mold. Har du vit, så høyr på dette! Lyd nøye etter det eg seier! Kan den som hatar retten, ¬styra? Torer du døma han ¬som er mektig og rettferdig? Tru nokon seier til ein konge: ¬«Du niding!» eller til hovdingar: ¬«De gudlause menn»? Gud held ikkje med fyrstar og vørder ikkje stormenn meir enn småkårsfolk. Alle er dei skapte av han. Brått døyr dei og midt på natta, folket ragar og går til grunne. Jamvel dei mektige må vika, men ikkje for menneskehand. Guds augo vaktar ¬på kvar manns vegar, han ser kvart steg dei tek. Det finst ikkje mørker ¬eller skodd der ugjerningsmenn ¬kan gøyma seg bort. Han gjev ikkje mannen lang tid før han må fram for Guds dom. Utan forhøyr ¬knuser han mektige menn og set andre i staden for dei. Difor legg han merke til ¬det dei gjer, og styrtar dei ned ei natt, ¬så dei vert knuste. Han slår dei ¬som ugjerningsmenn på ein stad der alle kan sjå det, fordi dei vende seg bort frå han og ikkje gav akt på hans vegar. Så nådde det han, ¬klageropet åt dei fattige, han høyrde skriket ¬frå dei hjelpelause. Men kven torer døma han ¬om han held seg i ro? Kven merkar det ¬når han løyner sitt andlet? Han ser til folket ¬og til kvar einskild. Han lèt ingen gudlaus få styra eller leggja snarer for folket. No seier du kanskje til Gud: «Eg fór vilt, men skal ¬aldri meir gjera vondt. Det eg ikkje ser, ¬må du læra meg. Og har eg gjort urett, ¬gjer eg det aldri meir.» Trur du Gud vil løna deg ¬som du ynskjer, når du vanvørder hans råd? Det er du som må velja, ¬ikkje eg, og så får du seia kva du veit. Kvar vismann ¬som høyrer på meg, ja, alle kloke menn vil seia: «Job talar utan skjøn, det er ikkje meining ¬i det han seier. Lat Job for alltid ¬setjast på prøve, fordi han svarar ¬som ein ugjerningsmann. Han legg synd til synd. Han hånar og spottar ¬imellom oss og brukar store ord mot Gud.» Elihu tok atter til ords og sa: Du som sa: «Eg er rettferdigare enn Gud,» held du det for rett å spørja: «Kva gagnar det meg, kva hjelper det at eg lèt vera å synda?» Eg skal gje deg svar, og venene dine med: Vend augo mot himmelen ¬og sjå, legg merke til skyene ¬høgt der oppe! Kva gjer det Gud ¬om du syndar? Alle dine brot, ¬kva skader dei han? Og kva gjev du han ¬om du er rettferdig, kva kan vel han ta imot frå deg? Din vondskap kjem over ¬dine medmenneske, berre menneskeborn ¬har gagn av di rettferd. Folk klagar over alle ¬som er harde med dei, og ropar om hjelp ¬mot mektige menn. Men ingen spør: ¬«Kvar er Gud, min skapar, han som lèt lovsong lyda ¬om natta, som lærer oss meir enn dyra ¬på marka og gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?» Då ropar dei utan å få svar og klagar over hovmodet ¬åt dei vonde. Nei, det er fåfengt. ¬Gud høyrer dei ikkje, Den Allmektige ¬ansar ikkje slikt. Jamvel når du seier ¬at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han. Men no, ¬når Gud ikkje straffar i vreide og ikkje bryr seg stort om synda, då opnar Job sin munn ¬til inga nytte og kjem med mykje uvitug tale. Elihu heldt fram og sa: Ha tol med meg ei lita stund, så skal eg læra deg noko; for eg har endå meir å seia ¬om Gud. Langt bortanfrå ¬vil eg henta min kunnskap og syna at min skapar har rett. Det er sanneleg ikkje lygn, ¬det eg seier; det er ein kunnskapsrik mann ¬du har for deg. Sjå, Gud er sterk og mektig, men han vrakar ikkje ¬dei fromme. Dei gudlause held han ikkje ¬i live, men han lèt dei hjelpelause ¬få sin rett. Han tek ikkje augo ¬frå dei rettferdige, men lèt dei for alltid ¬sitja med ære saman med kongar ¬på sine troner. Vert dei bundne med lekkjer og fanga i tynande snarer, så er det fordi han vil minna dei om all den synd ¬dei har gjort i sitt hovmod. Han opnar øyra deira ¬for åtvaring og byd dei venda om ¬frå det vonde. Om dei då høyrer og tener han, får dei leva i lukke ¬alle sine dagar, i herlegdom og glede ¬alle sine år. Men vil dei ikkje høyra, skal dei gjennomborast av spyd og missa livet i si vitløyse. Støtt er dei gudlause harme og ropar ikkje til Gud om hjelp når han har bunde dei. Dei døyr i sin ungdom ¬og endar sitt liv lik menn som driv tempelutukt. Han bergar armingar ¬i deira naud, gjennom trengsle ¬opnar han deira øyra. Deg vil han òg leia ut ¬or trengsle, til open mark ¬der ingenting tyngjer. Bordet ditt ¬skal vera fullt av feite retter. Du skal fullføra domen ¬over vonde menn, lov og rett skal råka dei. Lat ikkje vreiden ¬lokka deg til spott eller store løysepengar ¬føra deg på avveg! Kan ditt skrik ¬fria deg ut or trengsle om du så brukar all di makt? Du skal ikkje lengta ¬etter den natta då folkeslag vert rykte ¬opp frå sin stad. Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap, så du heller vil gjera vondt ¬enn lida. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde. Kven er ein lærar som han? Kven fastset den vegen ¬han skal fylgja? Kven kan seia at han gjer urett? Kom i hug at du skal prisa ¬hans gjerningar, som menneska syng om. Alle menneske ser dei ¬med glede, endå dei berre skimtar dei ¬langt borte. Sjå, Gud er høg, ¬vi skjønar han ikkje, ingen kan granska ¬hans tallause år. Han dreg vassdropar opp til seg og lèt regnet strøyma ¬frå himmelhavet. Det renn og dryp frå skyene ned over mange menneske. Kan nokon skjøna ¬korleis skyene driv, og korleis det dyn ¬under hans telt? Sjå, han breier ljos ikring seg. Han gøymer havsens djup. Med regnet kan han straffa folk, og med det ¬kan han gje dei mat i mengd. Han sveiper hendene i ljos og lèt lynet fara mot sitt mål. Tora fortel at han er i kjømda, jamvel feet varslar ¬at han dreg fram. Ja, dette får hjarta ¬til å skjelva, av redsle hoppar det ¬i min barm. Lyd på braket av hans røyst, høyr kor det dyn ¬frå hans munn! Han lèt lynet fara ¬under heile himmelen, han sender det ¬til heimsens endar. Sidan rullar tora, det er hans mektige røyst ¬som ljomar. Han sparer ikkje på lyn alt medan røysta hans lyder. Gud gjer under ¬når røysta ljomar, han gjer storverk ¬som vi ikkje skjønar. Til snøen seier han: ¬«Fall ned på jorda!» og det same ¬til det høljande regnet. Då set han bom ¬for arbeidet åt menneska, så alle kan merka ¬hans gjerningar. Villdyra går til sine holer og held seg i ro i sine hi. Stormen fer ut or sitt kammer, og med nordavinden ¬fylgjer kulde. Når Gud pustar, kjem det is, jamvel store vatn frys til. Han fyller skyene med væte og breier ut sine lysande skyer. Dei driv av stad og fer hit og dit etter som han styrer dei, og alt han byd, det gjer dei ut over heile den vide jord. Han lèt dei koma for å straffa, om det er til gagn for jorda, eller for å gjera vel mot henne. Høyr på dette, Job! Stå still ¬og legg merke til Guds under! Skjønar du korleis Gud ¬gjev skyene påbod og lèt ljoset stråla fram frå dei? Skjønar du ¬korleis skyene driv, eit underverk av han ¬som veit alt? Du som klagar ¬over at kleda vert varme, når jorda dormar i sønnavind, kan du hjelpa han ¬med å hamra skylaget fast som ein spegel ¬av støypt metall? Sei oss kva vi skal svara han! Vi får ikkje fram eit ord ¬for berre mørker. Får han bod når eg seier noko, får han vita at nokon talar? No ser ikkje menneska ljoset, det er gøymt bak mørke skyer; men brått kjem vinden ¬og sopar dei bort. Det kjem eit gylle skin frå nord, kring Gud ¬er ein skræmande ljosglans. Den Allmektige ¬kan vi ikkje fatta. Høg er hans makt ¬og stor hans rettferd; og retten krenkjer han aldri. Difor har menneska age ¬for han, men han ansar ikkje dei ¬som trur dei er vise. Då svara Herren Job or stormen: Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklår med uvituge ord? Spenn beltet om livet ¬som ein mann! Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg. Kvar var du ¬då eg grunnla jorda? Sei fram, om du har skjøn! Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel? Kven spente mælesnor ut ¬over henne? Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned, og kven la hennar hjørnestein, medan alle morgonstjerner ¬jubla, og alle Guds søner ¬ropa av fryd? Kven stengde for havet ¬med portar, då det braut skummande fram ¬frå djupet, den gong eg kledde det ¬med skyer og sveipte det i mørke skodda, den gong eg sette grense for det og stengde med bom og dører? Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger, her skal dei stogga, ¬dine byrge bylgjer. Har du nokon gong ¬kalla morgonen fram og synt morgonroden hans stad, så han tek tak i endane av jorda og rister dei gudlause av? Då tek ho form ¬som leira under seglet, og alt syner seg ¬som i nytt skrud. Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde, og armen dei lyfte, vert knust. Har du nått fram ¬til havsens kjelder og ferdast på botnen ¬av det store djup? Har dødens portar ¬vist seg for deg, har du sett dørene ¬til den kolmørke staden? Har du skoda ut ¬over viddene på jorda? Sei frå om du kjenner alt dette. Kvar går vegen ¬til bustaden åt ljoset, og kvar held mørkret til? Så ta dei med til deira heimstad, du kjenner stigane til deira hus. Du veit det ¬om du har levt så lenge at du var til då dei vart skapte. Har du vore ¬der snøen kjem ifrå, har du sett staden ¬der haglet ligg? Eg har spart dei til trengselstida, til det kjem ein dag ¬med kamp og krig. Korleis kjem ein dit ¬der ljoset deler seg, og der austavinden ¬breier seg over jorda? Kven laga renner ¬for det fløymande vatnet, og kven brøytte veg ¬for tore og lyn, så det regnde ¬over folketomt land, over øydemark der ingen bur, så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn, og graset grodde or grunnen? Har regnet ein far? Og kven har avla doggdropane? Kva morsliv kjem vel isen frå, kven har født rimet ¬som fell frå himmelen, når vatnet frys og vert som stein og flata ¬på havdjupet ligg under is? Kan du knyta Sjustjerne-bandet eller løysa Orions lekkjer? Kan du få kveldsstjerna fram ¬i rette tid, eller leia Løva og hennar ungar? Kjenner du lovene ¬som rår på stjernehimmelen? Fastset du hans velde ¬over jorda? Kan du lyfta di røyst til skyene, så vatnet fløymer ned over deg? Kan du senda ut lyn, ¬så dei fer av stad og seier til deg: «Her er vi»? Kven har gjeve ibisen visdom, kven har late hanen få vit? Kven er så klok ¬at han kan telja skyer, og kven tømer vatn ¬or himmel-kara, når jorda hardnar og fastnar, og molda klumpar seg saman? Går du på rov for løvinna, gjev du svoltne løveungar mat, når dei dukkar seg ned ¬i holene sine eller ligg på lur i krattet? Kven syter for føde til ramnen når ungane hans skrik til Gud og flaksar ikring utan mat? Kjenner du tida ¬når steingeita kjear, aktar du på ¬når hindene har rier? Tel du månadene ¬til dei skal bera, kjenner du tida ¬når dei skal føda? Dei bøyer seg ned ¬og får sine ungar; så er dei ferdige med sine rier. Ungane veks seg store og sterke ¬utpå marka, så spring dei bort ¬og kjem ikkje att. Kven lèt villeselet renna fritt, kven har løyst det frå alle band? Eg gav det moane til hus og den salte øydemarka ¬til bustad. Det ler åt den ståkande byen, det høyrer ingen drivar ¬som ropar og skjenner. Det speidar etter beite i fjella og leitar opp kvart grøne strå. Har villoksen hug til å tena deg, vil han stå ¬ved di krubbe heile natta? Kan du binda han med reip, ¬så han held seg i fòra, vil han horva for deg i dalane? Kan du lita på han ¬fordi han er sterk, torer du overlata di avling ¬til han? Trur du han køyrer grøda heim og samlar henne ¬på din treskjevoll? Strutsehoa slår lystig ¬med vengene, men flyg ikkje ¬som storken med sin fjørham. Ho legg sine egg på marka, lèt sanden halda dei varme. Ho gløymer ¬at ein fot kan krasa dei, at villdyra på marka ¬kan trø dei sund. Hardt fer ho fram ¬med ungane sine som om dei ikkje ¬var hennar eigne. Ho lèt seg ikkje tyngja av sut for at strevet hennar ¬skal vera fåfengt. For Gud har ikkje gjort ¬henne klok, og han har ikkje ¬gjeve henne vit. Men når ho flaksar ¬opp i veret, skrattar ho åt hest og ryttar. Er det du ¬som gjev hesten styrke og pryder halsen hans ¬med faks? Lèt du han springa ¬som grashoppa? Når han frøser stolt, ¬står det age av han. Han skrapar i marka, ¬yr av glede, så fer han fram ¬mot ein væpna flokk. Han er ikkje redd for noko ¬som skræmer, og snur ikkje ¬når han møter sverd. Over han skramlar pilehuset, det blinkar i sverd ¬og kastespyd. Han fer av stad ¬i dundrande tan, og stoggar ikkje ¬når hornet ljomar. Han kneggjar høgt ¬når hornet læt. Han vêrar striden langan lei, bydande rop og hærskrik. Er det ditt vit som gjer at falken svingar seg opp, spilar vengene og flyg mot sør? Er det på ditt bod at ørna stig og byggjer seg reir i høge fjellet? Ho bur på berget og har si livd på kvasse tind, i bratte nut. Der speidar ho etter mat, augo skodar vidt ikring. Hennar ungar slurpar ¬i seg blod, og der det finst eit åtsel, ¬der er ho. Herren heldt fram med å tala til Job og sa: «Du som klagar ¬på Den Allmektige, vil du føra sak med han? Du som lastar Gud, må svara.» Då svara Job Herren og sa: «Nei, til det er eg for liten. Kva skulle eg vel svara deg? Eg legg mi hand på munnen. Ein gong har eg tala og tek ikkje meir til ords, to gonger har eg tala og seier ikkje meir.» Då svara Herren Job or stormen: Spenn beltet om livet ¬som ein mann! Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg. Vil du dra mi rettferd i tvil, leggja skulda på meg, ¬så du får rett? Har du så sterk ein arm ¬som Gud, ljomar røysta di som hans? Så pryd deg ¬med høgd og herlegdom, kled deg med stordom og velde! Lat berre vreiden rasa, slå alle hovmodige ned ¬med ditt blikk! Ja, sjå på dei stolte ¬og bøy dei i kne, trø dei gudlause ned på flekken! Gøym dei i jorda, alle i hop, og steng dei inne i mørkret! Då skal eg òg prisa deg for sigeren du vann ¬med di høgre hand. Sjå elvehesten! Eg har skapt både han og deg. Han et gras som ein okse. Sjå for ei kraft han har i hoftene og for ein styrke i bukmusklane! Han strekkjer ut halen, ¬stiv som ein seder, og lårsenene er fletta fast. Knokar har han ¬som koparrøyrer og ei beingrind som jernstenger. Han er det fremste ¬av Guds verk, skaparen gav han ¬så kvast eit sverd. Fjella gjev han sine gåver, alle slag villdyr som leikar der. Han kviler under lotusplanter, i livd av sev og sump. Lotusen gjev tak og skugge, og piletrea attmed elva står som eit vern om han. Han rømer ikkje ¬om straumen er strid; om Jordan fossar mot hans gap, ¬er han trygg. Kven torer gripa han i augo og dra ei snor ¬gjennom nasen hans? Kan du dra krokodillen opp ¬med krok og halda tunga hans nede ¬med snøre? Kan du få sett ¬eit sevreip i nasen hans og stikka ein krok ¬gjennom kjaken? Vil han då be deg audmjukt ¬om nåde eller tala blidt til deg? Trur du han gjer ein avtale ¬med deg, så du kan ta han til træl ¬for alltid? Kan du leika med han ¬som med ein fugl og fanga han ¬til småjentene dine? Kan eit lag av fiskarar selja han og stykkja han ut ¬mellom kjøpmenn? Kan du spekka hans hud ¬med spyd, hans hovud med harpunar? Prøv berre å leggja hand på han! Det vart ein strid ¬som du kom til å minnast; den tok du ikkje ein gong til! Det du vona, slo ikkje til, du låg der berre du såg han! Ingen er vel så vågal at han torer ¬terga krokodillen. Kven kunne stå seg mot han? – Kven gav meg noko fyrst, så eg laut gje han att? Alt under himmelen er mitt. – Eg vil ikkje teia ¬om krokodillens lemer, kor sterke dei er, ¬og kor fint dei er bygde. Kven kan få hol ¬på hans ytre ham eller trengja igjennom ¬hans doble panser? Kven torer opna gapet på han? Hans tenner vekkjer redsle. På ryggen har han rader ¬av skjold, godt attlatne som med segl. Tett ligg det eine ¬innåt det andre, ikkje ein pust kjem inn ¬mellom dei. Skjolda heng fast i hop, dei grip inn i kvarandre ¬og kan ikkje skiljast. Når han nys, blinkar eit ljos, augo hans strålar ¬som morgonroden. Logande eld fer ut or hans gap, det sprutar gneistar frå det. Or naseborene kjem det røyk som frå ei oppheta, ¬kokande gryte. Pusten hans set kol i brann, ein loge står ut or hans gap. Stor styrke har han i nakken, og redsla hoppar føre han. Valkane under halsen hans ¬er faste, dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje. Hjarta hans er fast som stein, som den nedste steinen i kverna. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla, dei går frå sans og samling ¬av redsle. Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje, og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil. Han aktar jern som var det strå og bronse som morkna tre. Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt, stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han. Ei klubbe ¬reknar han òg for halm, han berre ler ¬åt susande kastespyd. Under buken ¬har han kvasse taggar, som ein treskjeslede ¬lagar han far i gjørma. Han set djupet i kok ¬som ei gryte, lèt havet skumma ¬som ein kjele med salve. Bak han går det ein lysande stig, det ser ut ¬som om djupet har sølvhår. Hans make finst ikkje ¬her på jord, skapt som han er utan reddhug. Alt som er høgt, ¬ser han i auga, han er ein konge ¬over alle stolte dyr. Då tok Job til ords og svara Herren: Eg veit at allting maktast du; ingen ting er umogeleg for deg av det du har sett deg føre. Kven er det som gjer ¬di rådgjerd uklår med uvituge ord? Eg har tala om ting ¬eg ikkje skjønar, om det som er så underfullt at eg ikkje forstår det. Men høyr på meg, så vil eg tala. Eg vil spørja deg, og du skal svara meg. Før hadde eg berre høyrt ¬om deg, men no har eg sett deg ¬med eigne augo. Difor tek eg att kvart ordet og syner min anger ¬i støv og oske. Då Herren hadde tala dette til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min. Ta no sju oksar og sju verar og gå til Job, tenaren min, og ber dei fram som brennoffer for dykk! Så skal Job, tenaren min, be for dykk; og eg vil høyra bøna hans og spara dykk for den ulukka de hadde fortent, fordi de ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.» Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde bøna åt Job. Då Job hadde bede for venene sine, vende Herren lagnaden hans. Han lét Job få dobbelt så mykje som han før hadde hatt. Og alle brørne hans kom til han, og like eins systrene og kjenningane hans. Dei sat til bords med han i huset hans, viste han medkjensle og trøysta han etter at Herren hadde sendt så mykje vondt over han. Kvar av dei gav han eit pengestykke og ein gullring. Sidan velsigna Herren Job endå meir enn før. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper. Og han fekk sju søner og tre døtrer. Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk. I heile landet fanst det ikkje så fagre kvinner som døtrene til Job. Faren lét dei arva til liks med brørne. Sidan levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire ættleder. Så døydde Job, gamal og mett av dagar. Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov ¬dag og natt. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast. Så er det ikkje ¬med dei gudlause. Dei er lik agner ¬som spreiest for vinden. Difor skal ingen gudlaus stå seg når domen fell, og ingen syndar vera med der dei rettferdige samlast. For Herren kjenner vegen ¬åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang. Kvifor ståkar folkeslaga, kvifor legg folka ¬gagnlause planar? Kongane på jorda reiser seg, fyrstane legg råd i lag mot Herren ¬og den han har salva: «Lat oss slita sund deira lekkjer og kasta deira reip av oss!» Han som tronar i himmelen, ler, Herren spottar dei. Så talar han til dei i sin vreide, med brennande harme ¬skræmer han dei: «Det er eg ¬som har sett inn min konge på Sion, mitt heilage fjell.» Eg vil kunngjera ¬det Herren har fastsett. Han sa til meg: «Du er son min, eg har født deg i dag. Bed meg, ¬så gjev eg deg folka til arv og heile jorda til eige. Du skal knusa dei med jernstav og slå dei sund som leirkar.» Og no, de kongar, ¬far visleg fram, ta imot åtvaring, ¬de styrarar på jord! Ten Herren med age og glede, kyss skjelvande ¬jorda for hans føter, så han ikkje skal verta vreid og de gå til grunne på vegen. For lett kan hans vreide ¬kveikjast. ¬Sæle er alle som flyr til han. Ein salme av David, då han rømde for Absalom, son sin. Herre, kor talrike ¬mine fiendar er! Mange er dei som reiser seg ¬mot meg. Mange er dei som seier om meg: «Det er ikkje frelse for han ¬hjå Gud.» Men du er eit skjold for meg, ¬Herre, du er mi ære, ¬du lyfter mitt hovud. Då eg ropa høgt til Herren, svara han meg ¬frå sitt heilage fjell. Eg la meg ned og sovna – og vakna, ¬for Herren held meg oppe. Eg er ikkje redd ¬om ti tusen mann fylkar seg mot meg ¬på alle kantar. Reis deg, Herre! ¬Frels meg, min Gud! For du slår ¬alle mine fiendar på kinnet og knuser tennene ¬på dei vonde. Hjå Herren er det frelse. Lat di signing ¬kvila over ditt folk! Til korleiaren. Med strengespel. Ein Davids-salme. Når eg ropar, så svar meg, du Gud som er mi rettferd. I nauda fann du utveg for meg. Ver meg nådig, og høyr mi bøn! De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge vil de elska fåfengd og jaga etter lygn og svik? Vit at Herren gjer under for den som er trufast mot han. Herren høyrer ¬når eg ropar til han. Skjelv av redsle ¬og synda ikkje meir, tenk dykk om på lega, ¬og ver stille! Ber fram dei rette offer, og set dykkar lit til Herren! Det er mange som seier: «Gjev vi fekk oppleva lukke! Lat ljoset frå ditt åsyn skina over oss, Herre!» Du gjev meg større glede ¬i hjarta enn dei andre har når dei får korn og vin i mengd. I fred vil eg leggja meg ned ¬og sova. For du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt. Til korleiaren. Med fløytespel. Ein Davids-salme. Herre, høyr mine ord, gjev akt på mitt sukk! Lyd til mitt rop om hjelp, min konge og min Gud! Herre, eg bed til deg. Om morgonen høyrer ¬du mi røyst, tidleg vender eg meg til deg ¬og ventar. Du er ein gud ¬som ikkje toler vondskap; den vonde får ikkje gjesta deg. Dei hovmodige får ikkje ¬stiga fram for deg. Du hatar alle ugjerningsmenn og gjer ende på dei ¬som talar lygn. Herren styggjest ¬ved drapsmenn og svikarar. Men ved di store miskunn kan eg gå inn i ditt hus. Eg vender meg ¬mot ditt heilage tempel og bøyer meg ned i age for deg. Herre, lei meg i di rettferd, så mine fiendar ikkje når meg. Gjer vegen jamn for meg! Det finst ikkje sanning ¬i deira munn, dei er heilt igjennom rotne. Deira strupe er ¬som ei open grav, falske ord ligg dei på tunga. Gud, lat dei bøta for si skuld, lat dei falla ¬for sine vonde planar! Driv dei bort og sprei dei! For deira synd og skuld er stor, dei har trassa deg. Alle som flyr til deg, skal alltid vera glade og fegne. Du vernar dei, og dei som elskar ditt namn, skal fryda seg i deg. For du, Herre, ¬velsignar den rettferdige, du vernar han med nåde ¬som med eit skjold. Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein Davids- salme. Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide, og tukt meg ikkje i din harme! Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd. Mi sjel er gripen av redsle. Kor lenge, Herre? Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut, frels meg i di miskunn! For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug. Kven prisar vel deg i dødsriket? Eg er trøytt av å sukka, med tårer væter eg mi lege, eg græt kvar natt, ¬så senga er våt. Mitt auga er sløvt av bitter sorg og dimt av all den motstand ¬eg møter. Vik frå meg, ¬alle ugjerningsmenn, for Herren har høyrt min gråt. Herren høyrde ¬då eg trygla og bad, han har teke imot mi bøn. Alle mine fiendar ¬skal verta til skammar. Dei skal gripast av redsle og brått snu om med skam. Ein klagesalme som David song for Herren på grunn av den meldinga Kusj frå Benjamin hadde kome med. Herre, min Gud, eg flyr til deg. Frels meg og fri meg ¬frå alle som jagar meg, så dei ikkje, liksom ei løve riv meg sund og dreg meg bort – utan at nokon bergar. Herre, min Gud, har eg fare så at det er urett i mine hender, har eg gjort vondt mot min ven og rana min motstandar ¬utan grunn, så lat fienden jaga og nå meg, trakka meg levande til jorda og kasta mi ære i støvet. Reis deg, Herre, i din vreide, stå opp mot dei ¬som rasar imot meg! Vakna, min Gud, ¬du som stemner til doms. Lat skaren av folkeslag ¬samlast ikring deg, og ta ditt sete høgt over dei! Herre, du som dømer folka, hjelp meg til min rett, for eg er rettvis og heil i mi ferd. Gjer ende på vondskapen ¬åt dei gudlause, men lat den rettferdige ¬verta ståande! Du som prøver hjarto ¬og nyrer, du er ein rettferdig Gud. Gud er mitt vernande skjold, han frelser dei ærlege av hjarta. Gud er ein rettferdig domar, ein Gud ¬som feller dom kvar dag. Sanneleg, ¬fienden kvesser atter sverdet, spenner bogen og siktar. Men sjølv vert han råka ¬av dei drepande våpen og dei brennande piler ¬han steller til. Sjå, han er svanger ¬med vondskap, har avla udåd og føder svik. Han har grave eit hol ¬og gjort det djupt, men sjølv fell han ned ¬i den grava han grov. Den udåden han har tenkt ut, kjem over hans eige hovud, valdsferda råkar ¬hans eigen skalle. Eg prisar Herren ¬for hans rettferd og lovsyng namnet åt Herren, ¬Den Høgste. Til korleiaren. Etter Gittit. Ein Davids-salme. Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn er over all jorda, du som har breitt ut ¬din prydnad på himmelen! Av munnen på småborn ¬og spedborn har du reist deg eit vern ¬mot dine fiendar, så du kan stagga ¬kvar motstandar som trår etter hemn. Når eg ser din himmel, ¬eit verk av dine fingrar, månen og stjernene ¬som du har sett der, kva er då eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn, ¬sidan du tek deg av det? Du gjorde han lite ringare ¬enn Gud, med ære og herlegdom ¬krona du han. Du sette han til herre ¬over dine henders verk, alt la du under hans føter: sauer og oksar, alle i hop, ja, jamvel dei ville dyr ¬på marka, fuglen i lufta og fisken i sjøen, alt som ferdast ¬på havsens stigar. Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn er over all jorda! Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein Davids-salme. Eg vil takka deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta og fortelja om alle dine under. Eg vil gleda og fagna meg i deg og lovsyngja ditt namn, ¬du Høgste. For mine fiendar drog seg ¬tilbake, dei snåva og gjekk til grunne ¬for ditt åsyn. Ja, du har ført mi sak ¬og min strid, har sett deg på trona, ¬du rettvise domar. Du truga folkeslag, ¬gjorde ende på dei vonde og strauk ut deira namn ¬for evig. Fienden er ferdig, ¬øydelagd for alltid; folket dreiv du ut or byane, og ingen minnest dei meir. Herren tronar til evig tid, han har reist sitt domarsete. Han dømer verda med rettferd, feller rettvis dom over folkeslag. Herren er ei borg ¬for dei trælka, ei borg i trengselstider. Dei som kjenner ditt namn, ¬lit på deg, for du sviktar ikkje dei ¬som søkjer deg, Herre. Syng for Herren, ¬som bur på Sion, kunngjer hans storverk ¬mellom folka! Han straffar dei ¬som er skuldige i drap, men tek seg av dei hjelpelause og gløymer ikkje deira skrik. Ver meg nådig, Herre, ¬og sjå den naud som mine fiendar ¬har valda meg. Du fører meg opp ¬frå dødens portar, så eg kan fortelja ¬om alle dine storverk og jubla over di frelse ¬i Sions portar. Folkeslag sokk ¬i den grava dei grov, deira føter vart fanga ¬i garnet dei sette. Herren openberra seg ¬og heldt dom; dei gudlause vart fanga ¬i si eiga gjerning. Til dødsriket ¬skal dei gudlause fara, alle folkeslag som gløymer Gud. Men dei fattige ¬vert ikkje gløymde for alltid, dei hjelpelause ¬er ikkje for evig utan von. Reis deg, Herre! Lat ikkje menneske få makta, lat folkeslag få ¬sin dom for ditt åsyn! Set redsle i folka, Herre, så dei skjønar ¬at dei berre er menneske. Kvifor er du så langt borte, ¬Herre, kvifor løyner du deg ¬i trengselstider? Dei gudlause jagar ¬i sitt hovmod ein stakkar, men vert sjølve fanga ¬med dei knep dei fann på. Den gudlause skryter ¬av si grådige lyst, den griske forbannar ¬og vanvørder Herren. Den gudlause seier ¬med hovmodig mine: «Han krev meg ikkje ¬til rekneskap! Det finst ingen Gud.» Så tenkjer han alltid. Han har lukka med seg ¬i alt han gjer; dine domar er altfor høge ¬for han. Han blæs ¬åt alle sine motstandarar. Han seier med seg sjølv: «Eg skal ikkje rikkast, og aldri skal eg lida naud.» Hans munn er full ¬av forbanning, full av svik og vald; han har urett ¬og vondskap på tunga. Han ligg på lur ved gardane og drep i løynd den skuldlause. Han speidar etter ¬sitt verjelause offer; han ligg på lur ¬som løva i krattet og vil gripa stakkaren ¬frå sitt bakhald, fanga han og ta han i garnet. Han dukkar seg ned ¬og krøkjer seg saman, og den verjelause fell ¬for hans overmakt. «Gud gløymer,» ¬seier han med seg sjølv, «han løyner sitt andlet ¬og ser aldri.» Reis deg, Herre! Lyft di hand, Gud, gløym ikkje dei hjelpelause! Kvifor skal dei gudlause ¬vanvørda Gud og seia med seg sjølve: «Du krev ikkje til rekneskap?» Du ser både møde og sorg, du ser det alt ¬og tek det i di hand. Den verjelause ¬kan gje seg over til deg, for du er ein hjelpar ¬for farlause. Bryt armen på den ¬som er gudlaus og vond, krev han til rekneskap ¬for hans gudløyse, så ho ikkje må finnast meir. Herren er konge ¬for evig og alltid, framande folk ¬skal rydjast ut or hans land. Herre, du høyrer ¬kva dei hjelpelause ynskjer, du vender øyra til ¬og gjev dei mot. Dei som er farlause og trælka, hjelper du til deira rett. Menneske som er av jorda, skal ikkje lenger valda redsle. Til korleiaren. Av David. Til Herren flyr eg. Korleis kan de seia til meg: «Fly til fjells som ein fugl! For sjå, ¬dei vonde spenner bogen og legg si pil på strengen; i mørkret vil dei skyta på dei som er ærlege av hjarta. Når grunnvollen vert riven bort, kva kan då ¬den rettferdige gjera?» Herren er i sitt heilage tempel, i himmelen har han ¬sin kongsstol. Hans augo skodar utover, han prøver menneska ¬med sitt blikk. Herren ransakar ¬rettferdige og gudlause, han hatar dei som elskar vald. Over dei vonde ¬lèt han det regna gloande kol og svovel, gloheit vind er den luten dei får. Rettferdig er Herren, ¬han elskar rettferd; dei ærlege får sjå hans åsyn. Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein Davids-salme. Berga meg, Herre! ¬Dei trugne er borte, det finst ikkje ¬trufaste menneske meir. Lygn talar dei, ¬kvar med sin neste, med tvihug og falske lipper. Gjev Herren må rydja ut alle som fer med lygn og talar store ord, som seier: «Vi har vår styrke i tunga, og vi har lippene med oss. Kven meistrar vel oss?» «Fordi dei verjelause ¬vert trælka og dei fattige styn, vil eg reisa meg no,» ¬seier Herren. «Eg vil frelsa dei som stundar etter hjelp.» Herrens ord er reine ord, lik sølv som er skirsla ¬i smelteomnen, sju gonger reinsa. Herre, du vil vara oss, alltid verna oss mot denne ætta, når gudlause menneske ¬fer ikring, og usseldom får makta ¬mellom folk. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Kor lenge, Herre? Vil du gløyma meg for alltid? Kor lenge vil du løyna ¬ditt åsyn for meg? Kor lenge skal eg ha uro i hugen og heile dagen ha sorg i hjarta? Kor lenge skal fienden ¬ha overmakta? Sjå hit og svar meg, ¬Herre, min Gud! Lat augo mine få att glansen, så eg ikkje sovnar inn i døden. Då skal ikkje min fiende seia: «Eg har vunne,» mine uvener skal ikkje jubla når eg held på å falla. Men eg set mi lit ¬til din truskap, mitt hjarta skal jubla ¬over di frelse. Eg vil syngja for Herren, for han har gjort vel imot meg. Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarta: «Det er ingen Gud.» Vonde og stygge ¬er deira gjerningar, det finst ikkje ein som gjer godt. Frå himmelen skodar Herren ned på menneska. Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud. Alle er komne på avveg, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste. Skjønar dei då ingen ting, desse ugjerningsmennene? Dei sluker mitt folk, som ein et opp brød, og kallar ikkje på Herren. Men dei skal skjelva av redsle, for Gud er med ¬den rettferdige ætt. Gjer berre stakkarens plan ¬til skammar! Hjå Herren finn han livd. Å, gjev det må koma frelse for Israel frå Sion! Når Herren vender lagnaden ¬for sitt folk, skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg. Ein Davids-salme. Herre, kven kan gjesta ditt telt, kven får bu på ditt heilage fjell? Den som gjer rett ¬og er heil i si ferd og ærleg i tanke og tale, som ikkje brukar ¬si tunge til sladder, ikkje gjer vondt mot sin neste og ikkje vanærar sin frende, som ser med vanvørdnad ¬på den som er vraka, men ærar dei som ottast Herren, som held den eiden ¬han har svore, jamvel om det skader han sjølv, som ikkje tek renter ¬når han låner ut pengar, og ikkje lèt seg kjøpa til skade for ein skuldfri. Den som lever så, ¬skal aldri rikkast. Ein miktam. Av David. Verna meg, Gud, ¬for eg flyr til deg. Eg seier til Herren: «Du er min herre, du er mitt einaste gode.» Eg held meg til dei heilage ¬i landet; høgt set eg dei gjæve menn. Mange plager må dei tola, dei som spring ¬etter andre gudar. Eg vil ikkje ¬renna ut blodoffer for dei og ikkje ta ¬deira namn i min munn. Herre, du er min del ¬og mitt staup, det er du som fastset min lut. Eg fekk min del på fager grunn, ja, ein herleg arv vart min. Eg prisar Herren, ¬som gjev meg råd; jamvel om natta ¬får eg rettleiing i mitt indre. Alltid har eg Herren for auga; han er ved mi høgre side, eg skal ikkje rikkast. Difor er det glede i mitt hjarta og jubel i mi sjel; ja, jamvel lekamen ¬kan vera trygg. Du gjev meg ikkje ¬over til dødsriket, du lèt ikkje din trufaste tenar ¬gå til grunne. Du lærer meg livsens veg. Det er fullt av glede ¬for ditt åsyn, ein evig fagnad ¬ved di høgre hand. Ei bøn. Av David. Lyd etter, Herre, ¬du rettferdige Gud, høyr mitt rop og merk mi bøn frå lipper som er utan svik. Lat meg frikjennast ¬ved din dom! Dine augo ser då ¬kva som er rett. Om du prøver mitt hjarta og granskar det om natta, ja, om du prøver meg med eld, finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg. Eg synda ikkje med min munn, så som mange menneske gjer. Etter det ordet du har tala, heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar. Eg fylgde i dine fotefar og gjekk med faste steg. Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud. Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord! Syn din godleik ¬i underfull gjerning! Du frelser dei ¬som flyr frå fiendar og søkjer livd ¬ved di høgre hand. Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen ¬av dine venger for dei gudlause ¬som går imot meg, for dødsfiendar ¬som omringar meg. Dei har late att sitt harde hjarta og teke hovmodige ord ¬i sin munn. No er dei ikring meg ¬kvar eg går, dei siktar på å slå meg til jorda. Dei liknar ei rovgrisk løve, ei ungløve som ligg på lur. Reis deg, Herre! Gå imot fienden ¬og tving han i kne! Fri meg frå nidingen ¬med ditt sverd! Fri meg, Herre, med di hand frå menneske i denne verda som alt har fått si løn. Fyll dei med det du har etla dei, så sønene deira vert mette og lèt resten gå til sine born. Men eg skal i rettferd ¬få sjå ditt andlet; når eg vaknar, skal eg sjå din skapnad ¬og mettast. Til korleiaren. Av David, Herrens tenar, som kvad denne songen for Herren då han hadde fria han frå alle fiendane hans og frå Saul. Han sa: Herre, min styrke, ¬deg har eg kjær. Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar, min Gud, mitt fjell, ¬som eg flyr til, mitt skjold, mitt frelsehorn ¬og mitt vern. Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong, og eg vert frelst ¬frå mine fiendar. Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg, undergangsstraumane ¬skræmde meg. Helheims reip vart spente ¬om meg, dødens snarer låg i min veg. Då kalla eg på Herren i mi naud og ropa til min Gud. Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel, til hans øyra nådde mitt rop. Då skalv og riste jorda, grunnen under fjella skok, dei skalv fordi han var harm. Røyk steig opp or hans nase, øydande eld or hans munn; gneistar og glør fór ut frå han. Han senka himmelen ¬og steig ned med svarte skyer ¬under sine føter. Sitjande på kjerubar flaug han, fór fram på vengene åt vinden. Han gjorde mørkret ¬til si gøymsle, og kring seg hadde han ¬som eit telt svarte, regntunge skyer. Frå stråleglansen framføre han kom det ut or skyene hagl og gloande kol. Herren torna i himmelen, Den Høgste lét røysta si lyda gjennom hagl og gloande kol. Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar, med lyn i mengd ¬skræmde han dei. Rennene på havbotnen ¬kom til synes, grunnvollane under jorda ¬viste seg då du truga, Herre, ja, bles og fnyste av vreide. Han rette ut si hand ¬frå det høge og greip meg, drog meg opp ¬or det djupe vatnet. Han berga meg ¬frå min mektige fiende, frå motstandarar ¬som var meg for sterke. Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen, men Herren var ei støtte ¬for meg. Han førte meg ut i ope lende og fria meg ut, ¬for han har meg kjær. Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd, han lønte meg ¬fordi mine hender var reine. For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegar og ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap. Alle hans lover ¬hadde eg for auga og støytte ikkje frå meg ¬hans bod. For han var eg heil i mi ferd og akta meg vel, ¬så eg ikkje synda. Herren lønte meg ¬for mi rettferd, då han såg at mine hender ¬var reine. Du er trufast ¬mot den som er trufast, heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta mann. Du viser deg rein mot den reine, men vrang mot den svikefulle. For du frelser dei hjelpelause, men audmykjer dei ¬som har stolte augo. Ja, du lèt mi lampe skina, Herre, min Gud lyser opp ¬i mitt mørker. Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk, med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar. Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som flyr til han. For kven er Gud ¬forutan Herren, og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud? Gud rustar meg ut med styrke og gjer mi ferd ulastande. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå på høgdene. Han lærer opp mine hender ¬til strid, mine armar til å spenna ¬bronsebogen. Du gjev meg di frelse til skjold og stør meg med di høgre hand. Du bøyer deg ned ¬og gjer meg stor. Du jamnar veg for mine steg, og mine okle er støe. Eg jagar mine fiendar ¬og tek dei att; eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei. Eg knuser dei, ¬så dei ikkje kan reisa seg, men ligg under føtene mine. Du rustar meg med styrke ¬til striden og tvingar mine motstandarar ¬i kne. Du slår mine fiendar på flukt, eg rydjar ut dei som hatar meg. Dei ropar, men ingen bergar, dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje. Eg knuser dei ¬som støv for vinden og kastar dei ut ¬som avfall i gata. Du berga meg frå folk ¬som låg i strid, og sette meg til hovding ¬over folkeslag. Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg, dei lyder berre dei høyrer ¬om meg. Framande kryp for meg, ja, dei framande er utmødde, skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger. Herren lever! Mitt berg vere lova! Opphøgd vere Gud, min frelsar. Gud gjev meg hemn og legg folkeslag under meg. Han friar meg frå mine fiendar, ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandarar og bergar meg frå valdsmenn. Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre, og prisar ditt namn med song. Han gjev sin konge store sigrar, han er trufast ¬mot den han har salva, mot David og hans ætt ¬til evig tid. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Himmelen forkynner ¬Guds herlegdom, kvelven fortel ¬kva hans hender har gjort. Den eine dagen ber bod ¬til den andre, ei natt gjev sin kunnskap ¬til den neste. Det er ikkje tale, ¬det er ikkje ord, og inga røyst som kan høyrast. Men bodskapen går ¬over heile jorda og vitnemålet til ¬heimsens ende. Der har han reist ¬eit telt for sola. Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom, glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd. Frå den eine himmelranda ¬går ho ut og gjer sin rundgang ¬til den andre; ingen ting er løynd ¬for hennar hete. * Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis. Herrens føresegner er rette, dei gjev glede i hjarta. Herrens bodord er reint, det får augo til å stråla. Agen for Herren er rein, han varer til evig tid. Herrens domar er sanne, rettferdige er dei alle. Dei er kostelegare enn gull, enn fint gull i mengd, og søtare enn honning som dryp frå vokskakene. Ja, din tenar tek imot den rettleiing boda gjev; å halda dei gjev stor løn. Men kven merkar ¬kor tidt han fer vilt? Tilgjev meg dei synder ¬eg ikkje veit om! Ja, hald din tenar ¬frå skamlege synder; lat dei ikkje få makt over meg! Då kan eg vera heil i mi ferd, frikjend for store misgjerningar. Ta vel imot dei ord eg talar, lat mitt hjartans tankar ¬koma fram for deg, Herre, mitt berg ¬og min utløysar! Til korleiaren. Ein Davids-salme. Gjev Herren må bønhøyra deg ¬på trengselsdagen, Jakobs Gud verna deg! Gjev han må senda deg hjelp ¬frå heilagdomen og gje deg støtte frå Sion! Gjev han må minnast ¬alle dine offergåver og ta imot ditt brennoffer, gje deg det ditt hjarta ynskjer og la alle dine planar lukkast. Så vil vi jubla over di frelse og lyfta banneret ¬i vår Guds namn. Herren oppfylle alle dine bøner! No veit eg at Herren gjev siger ¬til den han har salva, og svarar han ¬frå sin heilage himmel; med si høgre hand ¬gjer han storverk til frelse. Andre lit på vogner og hestar, men vi prisar namnet ¬åt Herren vår Gud. Dei andre sig i kne og fell, men vi står og held ut. Herre, gjev kongen siger! Svar oss den dagen vi ropar! Til korleiaren. Ein Davids-salme. Herre! Kongen gleder seg ¬over di makt. Kor høgt han jublar over di hjelp! Du har gjeve han ¬det hans hjarta ynskjer, og ikkje nekta han ¬det han bed om. Ja, du har møtt han ¬med signing og lukke, sett ei krone av gull ¬på hans hovud. Han bad deg om liv, ¬og du gav han det, levedagar som aldri ¬tek ende. Hans ære er stor, ¬fordi du hjelpte han, høgd og heider ¬har du gjeve han. Du lèt han for alltid ¬verta til signing og fyller han med glede ¬når du er nær. For kongen set si lit til Herren. Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast. Di hand skal finna ¬alle dine fiendar, di høgre skal nå ¬dei som hatar deg. Du lagar eit logande bål av dei så snart du viser deg. Herren tyner dei i sin vreide, elden et dei opp. Du rydjar ut deira born ¬frå jorda, deira etterkomarar ¬frå manneætta. Når dei legg vonde planar ¬mot deg, og tenkjer på svik, skal det ikkje lukkast. For du får dei til å røma når du siktar på dei med bogen. Reis deg, Herre, i ditt velde! Med song og spel ¬vil vi prisa ditt storverk. Til korleiaren. Etter «Morgonrodens hind». Ein Davids-salme. Min Gud, min Gud, ¬kvifor har du forlate meg? Kvifor er du så langt borte ¬frå meg? Kvifor hjelper du ikkje når eg klagar mi naud? Eg ropar om dagen, Gud ¬– du svarar meg ikkje, og om natta, ¬men eg finn ikkje ro. Og du er då heilag, du som tronar ¬over Israels lovsongar. Til deg sette fedrane våre si lit, dei leit på deg, og du fria dei ut. Dei ropa til deg og vart berga, dei leit på deg ¬og vart ikkje vonbrotne. Men eg er ein makk ¬og ikkje ein mann, spotta av menneske, ¬vanvørd av folk. Alle som ser meg, ¬held meg for narr, rengjer munnen ¬og rister på hovudet: «Han har lagt si sak ¬i Herrens hand. No får han fria han ut ¬og berga han, han har då mannen kjær!» Ja, du drog meg fram ¬frå mors liv og la meg trygt ¬ved hennar bryst. Frå eg vart fødd, ¬er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud. Så gå ikkje frå meg, ¬for nauda er nær, og det finst ingen som hjelper. Sterke oksar kringset meg, Basan-stutar flokkar seg ¬rundt meg. Dei spilar opp gapet mot meg som rovgriske, brølande løver. Mi kraft er uttømd liksom vatn, alle mine bein har losna. Mitt hjarta er som voks, det har smelta i mitt bryst. Min strupe er turr ¬som eit krusbrot, og tunga klistrar seg til ganen. Du legg meg i dødens støv. Ja, hundar samlar seg om meg, ein flokk av valdsmenn ¬kringset meg; dei gjennomborar mine hender ¬og føter. Kvart bein i min kropp ¬kan eg telja, folk stirer på meg ¬med skadefryd. Dei skifter kleda mine ¬mellom seg og kastar lodd om kappa mi. Men, Herre, ¬ver ikkje langt ifrå meg, skunda deg og hjelp meg, ¬du min styrke! Berga mitt liv frå sverdet, det beste eg har, frå hundevald! Frels meg frå løvegap og frå villoksehorn! Du bønhøyrer meg. Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg. «Pris Herren, ¬de som har age for han, gjev han ære, all Jakobs ætt! Ja, skjelv for han, all Israels ætt! For han har ikkje ¬vanvørdt ein stakkar eller vendt seg frå han ¬når han var i naud. Han løynde ikkje sitt åsyn ¬for han, men høyrde han då han ropa.» Frå deg kjem min lovsong i den store lyden. Eg vil halda mine lovnader mellom dei som har age for deg. Dei hjelpelause ¬skal eta seg mette, dei som søkjer Herren, ¬skal prisa han. Gjev hjarta deira alltid må leva! I alle land skal dei ¬minnast dette og venda om til Herren; ja, alle folk og ætter skal bøya seg og tilbe han. For kongeveldet ¬høyrer Herren til, han rår over folkeslaga. Ja, alle dei mektige på jord skal bøya seg og tilbe han; alle som steig ned i molda, skal bøya kne for han. Eg vil leva for Herren, og mi ætt skal tena han og vitna om han ¬for ætter som kjem. Til nye ættleder skal dei fortelja at han greip inn til frelse. Ein Davids-salme. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. Han lèt meg liggja ¬i grøne enger; han fører meg til vatn ¬der eg finn kvile, og gjev meg ny kraft. Han leier meg ¬på dei rette stigar for sitt namn skuld. Om eg så går ¬i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, ¬dei trøystar meg. Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider. Ein Davids-salme. Jorda og det som fyller henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til. For han har grunnlagt henne ¬på hav, grunnfest henne ¬på strøymande vatn. «Kven kan stiga opp ¬til Herrens fjell, kven får stå ¬på hans heilage stad?» «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarta, den som ikkje fer med svik og ikkje gjer rang eid, han får velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.» «Her er det folk ¬som spør etter Herren, som søkjer ditt åsyn, ¬Jakobs Gud.» «Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!» «Kven er kongen, den herlege?» «Det er Herren, ¬sterk og mektig, Herren, den sterke i strid.» «Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!» «Kven er kongen, den herlege?» «Det er Herren, Allhærs Gud. Han er kongen, ¬den herlege.» Av David. Herre, eg lyfter mi sjel til deg, eg set mi lit til deg, min Gud. Lat meg ikkje verta ¬til skammar, lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg! Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar; til skammar vert berre dei som ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte. Herre, syn meg dine vegar, og lær meg dine stigar! Lat meg få ferdast i di sanning; lær meg, Gud, for du er min frelsar! Eg ventar dagen lang på deg. Kom i hug di miskunn, Herre, og dine velgjerningar; for dei er frå evig tid. Kom ikkje i hug ¬min ungdoms synder og mine misgjerningar! Kom meg i hug i din truskap, ¬Herre, for din godhug skuld. God og rettvis er Herren; difor viser han syndarar vegen. Han leier dei arme ¬til det som er rett, og lærer dei hjelpelause sin veg. Alle Herrens stigar ¬er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt ¬og hans bod. For ditt namn skuld, Herre, tilgjev mi synd, for ho er stor! Kvar den ¬som har age for Herren, lærer av han ¬den veg han skal velja. Han skal alltid ha det godt, og ætta hans skal arva landet. Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, i pakta med han ¬får dei rettleiing. Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren, for han dreg mine føter ¬ut or garnet. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig, for eg er einsam og i naud. Fri meg frå det ¬som tyngjer mitt hjarta, og før meg ut or mine trengsler! Tenk på mi naud og mi møde, og tilgjev alle mine synder! Sjå mine fiendar, ¬kor mange dei er! Dei hatar meg ¬med eit ofseleg hat. Vern mitt liv og fri meg ut, lat meg ikkje verta til skammar; for eg flyr til deg. Lat ærlegdom og rettvise ¬verna meg, Herre; for eg set mi von til deg! Å, Gud, løys Israel ut or alle trengsler! Av David. Herre, hjelp meg ¬til min rett! For eg har vore heil i mi ferd. Eg lit på Herren ¬og er ikkje ustø. Prøv meg, Herre, ¬gransk meg nøye, prøv hjarta og nyrer ¬som med eld! Eg har hatt din truskap for auga og har ferdast i di sanning. Eg sit ikkje saman med svikarar og held ikkje lag ¬med falske folk. Eg hatar samvære ¬med ugjerningsmenn, hjå gudlause sit eg ikkje. Eg vaskar mine hender ¬i uskyld. Eg går ikring ditt altar, Herre, medan eg lèt takkesongen lyda og fortel om alle dine under. Herre, eg elskar huset du bur i, staden der din herlegdom ¬held til. Riv meg ikkje bort ¬med syndarar, så eg misser livet ¬saman med drapsmenn. Deira hender er sulka av udåd, deira høgre hand ¬er full av muter. Men eg har vore heil i mi ferd. Fri meg ut og ver meg nådig! No står eg med foten ¬på jamn grunn. I samlingane vil eg ¬prisa Herren. Av David. Herren er mitt ljos og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg skjelva for? Når ugjerningsmenn ¬går laus på meg og vil gløypa meg, då snåvar og fell dei sjølve, fiendane som står meg imot. Om ein hær vil kringsetja meg, finst det ikkje redsle i mi sjel. Går dei til strid imot meg, er eg likevel trygg. Eitt bed eg Herren om, og det stundar eg etter: at eg får bu i Herrens hus alle mine levedagar, så eg kan sjå hans velvilje og grunda i hans tempel. Han gøymer meg i si hytte på den vonde dagen. Han løyner meg ¬i sitt skjermande telt og tek meg opp på berget. No lyfter eg høgt mitt hovud over mine fiendar ¬rundt ikring meg. Med jubel vil eg bera fram takkoffer i Herrens telt og syngja og spela for han. * Høyr meg, Herre, når eg ropar, ver meg nådig og svar meg! Eg kjem i hug at du har sagt: «De skal søkja mitt åsyn.» Herre, eg søkjer ditt åsyn. Løyn ikkje ditt andlet for meg! Vis ikkje din tenar bort i harme, du som har vore mi hjelp. Slepp meg ikkje, ¬og forlat meg ikkje, du Gud som er min frelsar! Om far min og mor mi ¬forlèt meg, vil Herren ta imot meg. Herre, lær meg dine vegar, og før meg på dei rette stigar for mine fiendar skuld! Gjev meg ikkje over ¬til grådige fiendar! Falske vitne står opp imot meg, dei frøser og trugar med vald. Eg trur for visst at eg skal få sjå Herrens godhug her ¬i livsens land. Venta på Herren, ¬ver frimodig og sterk! Ja, venta på Herren! Av David. Herre, eg ropar til deg, ¬mitt berg. Vend deg ikkje tagal frå meg! Svarar du meg ikkje, vert eg lik dei ¬som har gått i grav. Høyr mi inderlege bøn, når eg ropar til deg om hjelp, når eg lyfter mine hender mot Det høgheilage ¬i ditt tempel. Riv meg ikkje bort ¬med dei gudlause, saman med dei som gjer urett. Dei talar venleg med sin neste, men hjarta deira ¬er fullt av vondskap. Gjev dei att ¬for det dei har gjort, for deira vonde framferd! Gjev dei lika for deira udåd, lat dei få att for si gjerning! For dei aktar ikkje ¬på Herrens verk, på det han gjer ¬med sine hender. Gjev han må riva dei ned og ikkje byggja dei opp att! Lova vere Herren, for han har høyrt ¬mi inderlege bøn! Herren er mitt vern ¬og mitt skjold, eg set mi lit til han. Eg fekk hjelp, ¬og mitt hjarta jublar; eg takkar han med min song. Herren er styrke for sitt folk, vern og frelse ¬for den han har salva. Frels ditt folk ¬og velsigna din eigedom! Ver du deira hyrding og ber dei til evig tid! Ein Davids-salme. Gjev Herren ære, de gudesøner, gjev Herren ære og makt! Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha; bøy dykk for Herren ¬i heilagt skrud! Herrens røyst lyder over vatnet, den herlege Gud lèt tora slå, Herren over det veldige havet. Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst med herlegdom. Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren knuser sedrane ¬på Libanon. Han får Libanon ¬til å hoppa som ein kalv og Sirjon-fjellet ¬som ein villokse. Herrens røyst ¬spreier logande eld; hans røyst ¬får øydemarka til å skjelva, han får Kadesj-øydemarka ¬til å skjelva. Herrens røyst ¬får hindene til å kalva, ho gjer skogane snaue. Alt i hans tempel ropar: «Ære!» Herren tronar ¬over himmelhavet, han tronar ¬som konge til evig tid. Herren gjev folket sitt kraft, han signar det ¬med lukke og fred. Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David. Eg lovar og prisar deg, Herre; for du drog meg opp or djupet, du lét ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg. Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg. Herre, frå dødsriket ¬førte du meg opp, du gav meg liv ¬og berga meg frå grava. Spel for Herren, de hans trugne, og lovsyng hans heilage namn! Ein augneblink ¬varer hans vreide, hans nåde varer livet ut. Om kvelden kjem gråt ¬som gjest, om morgonen er det gledesong. Eg kjende meg trygg og tenkte: «Aldri i æve skal eg rikkast!» Herre, i din nåde sette du meg på fast fjell; men så løynde du ditt åsyn, og eg vart gripen av redsle. Då ropa eg til deg, Herre, inderleg bad eg til min Gud: «Kva gagnar det at eg må døy, at eg må gå i grav? Kan vel støvet prisa deg, kan det forkynna din truskap? Høyr meg, Herre, ¬og ver meg nådig! Herre, kom meg til hjelp! Du vende mi sorg ¬og mi klage til dans; du løyste min syrgjebunad og lét meg bera gledeskrud. Difor vil eg av heile mi sjel syngja om deg og aldri teia. Eg takkar deg evig, ¬Herre, min Gud. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Herre, eg flyr til deg, lat meg aldri verta til skammar! Frels meg i di rettferd! Vend øyra til og høyr meg, skunda deg og fri meg ut! Ver eit fjell der eg finn vern, ei festning til mi frelse! Du er då mitt berg og mi borg; for ditt namn skuld ¬fører og leier du meg. Løys meg or garnet ¬dei sette for meg! For du er mitt vern. I dine hender gjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud. Eg hatar dei som dyrkar falske og kraftlause gudar. Til Herren set eg mi lit. Eg vil gleda og fagna meg over din truskap, for du har sett mi naud og teke deg av meg ¬i mi trengsle. Du gav meg ikkje i fiendehand, men lét meg ferdast i ope lende. Ver meg nådig, Herre, for eg er i naud. Mitt auga sløvest av bitter sorg, ja, mi sjel og min lekam òg. Livet mitt kverv i sut, åra går med sukk. Min styrke sviktar ¬på grunn av mi skuld, og beina i kroppen veiknar. Eg vert til spott ¬for mine fiendar, til hån for alle mine grannar. For dei som kjenner meg, ¬er eg ei gru, på gata går folk ¬av vegen for meg. Som ein død er eg gløymd ¬og ute or tankar, eg er som eit sundslege kjerald. Eg høyrer mange som kviskrar – å, redsle på alle kantar! – når dei samrår seg mot meg og tenkjer på å ta mitt liv. Men eg set mi lit til deg, Herre; eg seier: «Du er min Gud.» I di hand er mine tider; fri meg frå fiendar ¬som jagar meg! Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar, frels meg i din truskap! Lat meg ikkje verta ¬til skammar, Herre, for eg ropar til deg! Lat dei gudlause verta ¬til skammar og tagale fara til dødsriket! Lat lygnlippene ¬verta mållause, dei som med hovmod ¬og vanvørdnad talar frekt mot dei rettvise. Herre, kor mykje godt du har etla dei som ottast deg, og vist mot dei som flyr til deg midt for augo på menneska. Du løyner dei i livd av ditt åsyn for menneske ¬som fer med svik og list; du gøymer dei i di hytte mot åtak av vonde tunger. Lova vere Herren, ¬som på underfull vis synte meg truskap ¬i ein kringsett by. Eg tenkte i min angst: «Eg er bortstøytt frå dine augo.» Men du høyrde ¬mi inderlege bøn, då eg ropa til deg om hjelp. Elska Herren, alle hans trugne! Herren vernar dei trufaste, men dei som fer fram i hovmod, gjev han att i fullt mål. Ver sterke og frimodige, alle de som ventar på Herren! Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får si misgjerning tilgjeven og si synd tildekt! Sælt er det menneske som Herren ikkje ¬tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd. Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort, eg stunde heile dagen. For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livskraft kvarv som i sommarens hete. Då sanna eg mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld. Eg sa: «Eg vil sanna mine synder for Herren.» Og du tok bort ¬mi syndeskuld. Difor skal alle trugne be til deg i trengselstider. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei. Hjå deg finn eg livd, du vernar meg mot trengsle og lèt frelsesjubel ¬lyda ikring meg. Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg og gje deg råd. Ver ikkje lik hest og muldyr, som ikkje har vit! I sin villskap må dei tvingast ¬med taum og beisel, elles kjem dei ikkje til deg. Den gudlause har mange plager; men den som set si lit ¬til Herren, kransar han med miskunn. Gled dykk i Herren! Bryt ut i jubel, de rettferdige! Ja, rop av fagnad, alle de ærlege! Rop av fryd for Herren, de rettferdige! Det sømer seg for dei ærlege å syngja Herrens pris. Lovsyng han til lyre, og spel på tistrengja harpe! Syng ein ny song for han, spel fagert og rop av glede! For Herrens ord er sanning, alt han gjer, kan ein lita på. Han elskar rett og rettferd, jorda er full av hans miskunn. Ved Herrens ord ¬vart himmelen skapt og himmelhæren ¬ved ein pust frå hans munn. Han samla havvatnet ¬som i eit kar, la havsens djup i opplagsrom. For Herren ¬må heile verda ottast, for han må dei skjelva, alle som bur på jord. For han tala, og det skjedde, han baud, og det stod der. Herren bryt dei planar ¬folka legg, hindrar dei i ¬å fullføra sine tankar. Men Herrens plan ¬står fast for evig, hans hjartans tankar ¬frå ætt til ætt. Sælt er det folk ¬som har Herren til Gud, det folk han har valt ¬til sin eigedom! Frå himmelen skodar ¬Herren ned og ser kvart menneske. Frå sin tronstol held han auga med alle som bur på jorda, – han som har laga ¬kvar manns hjarta, og merkjer seg alt det dei gjer. Stor makt gjev ¬ingen konge siger, stor styrke bergar ¬ingen mann i krig. Hesten er ein svikefull hjelpar, han bergar ingen ¬med all si kraft. Men Herrens auga kviler på dei som ottast han ¬og ventar på hans miskunn, så han kan fria dei frå døden og berga dei ¬gjennom hungersnaud. Vi ventar med lengsle ¬på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold. Vårt hjarta gleder seg i han; for vi set vår lit ¬til hans heilage namn. Lat di miskunn vera over oss, ¬Herre! Det er deg vi ventar på. Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna. Støtt vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han. Eg rosar meg av Herren, dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det. Lat oss saman lova Herren og prisa hans store namn! Eg søkte Herren, ¬og han svara meg, frå alt som skræmde, ¬berga han meg. Sjå opp til han, og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar, han frelste han ¬frå alle trengsler. Herrens engel slår leir til vern for dei ¬som har age for Herren, og friar dei ut or fare. Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som flyr til han. Ottast Herren, ¬de hans heilage folk! Dei som ottast han, ¬lid inga naud. Unge løver må svelta ¬og lida sakn; men dei som søkjer Herren, vantar det aldri noko godt. * Kom hit og høyr på meg, ¬de born! Age for Herren ¬vil eg læra dykk. Er det nokon som elskar livet, som ynskjer seg ¬dagar med lukke? Så hald di tunge ¬frå lygn og slarv og lippene frå svikefull tale! Sky det vonde, og gjer det gode! Søk fred, og jag etter han! Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige, han vender øyra til deira rop. Men Herren vender seg ¬mot dei som gjer vondt, han vil rydja ut minnet om dei ¬frå jorda. Når dei rettvise ropar, ¬høyrer Herren, han bergar dei ¬ut or alle trengsler. Herren er nær hjå dei ¬som har eit sundbrote hjarta, og han frelser dei ¬som har ei knust ånd. Mykje vondt ¬må den rettferdige lida, men Herren friar han ut or alt. Han tek vare på ¬kvart bein i hans kropp, så ikkje eitt av dei vert brote. I ulukke misser ¬den gudlause livet, dei som hatar den rettferdige, ¬må bøta. Men Herren bergar ¬livet åt dei som tener han; ingen som tyr til han, ¬lid straff. Av David. Herre, strid mot dei ¬som strider mot meg, og kjemp mot dei ¬som kjempar mot meg! Grip skjold og verje, ¬reis deg og hjelp meg! Ta spyd og stridsøks fram og gå mot dei ¬som forfylgjer meg! Sei til meg: «Eg er di frelse!» Lat dei som står meg etter livet, verta til spott og spe! Lat dei som tenkjer ut vondt ¬imot meg, dra seg tilbake med skam. Gjev dei må verta ¬som agner for vinden, når Herrens engel ¬støyter dei bort! Gjev deira veg vert mørk og hål, når Herrens engel forfylgjer dei! For utan grunn ¬har dei sett sitt garn og grave ei fallgrav for meg. Lat ulukka koma uventa ¬over dei, og garnet dei sette, ¬fanga dei sjølve. Ja, lat dei falla i ulukke! Men eg skal jubla i Herren og gleda meg over hans frelse. Då skal eg ropa ¬med kropp og sjel: «Herre, kven er som du, du som friar ¬ein hjelpelaus mann frå den som er sterkare enn han, og bergar ein fattig stakkar frå den som ranar han.» Urettferdige vitne reiser seg og spør meg om slikt ¬eg ikkje veit. Dei løner godt med vondt, eg kjenner meg så einsam. Eg gjekk i syrgjebunad ¬då dei var sjuke, og plaga meg med faste. Eg bad med hovudet ¬bøygt mot fanget som for ein ven eller bror. Lik ein som syrgjer over si mor, gjekk eg nedbøygd, ¬i syrgjeklede. Men når eg snåvar, samlast dei med glede; dei kjem imot meg og vil slå utan at eg veit om det, og så riv og slit dei utan stans. Fråfalne som dei er, spottar og hånar dei, dei skjer tenner mot meg. Kor lenge vil du sjå på, Herre? Berga mitt liv ¬frå dei som herjar, det beste eg har, frå løvene. Eg vil takka deg ¬i den store samlinga og prisa deg ¬i den talrike flokken. Lat ikkje svikefulle fiendar få triumfera over meg! Dei som hatar meg ¬utan grunn, skal ikkje blunka hånleg ¬med auga! Dei skaper ikkje fred ¬med sin tale, men mot dei stille i landet tenkjer dei ut svikefulle ord. Dei spilar opp munnen ¬imot meg, dei ropar spottord og seier: «Vi har sett det ¬med eigne augo!» Du har sett det, Herre. ¬Tei ikkje! Ver ikkje langt borte frå meg, ¬Herre! Reis deg, vakna ¬og hjelp meg til min rett, min Gud og Herre, før mi sak! Døm meg i di rettferd, ¬Herre, min Gud, lat dei ikkje triumfera ¬over meg! Lat dei ikkje tenkja med seg: «Ha-ha, det gjekk ¬som vi ynskte.» Lat dei ikkje seia: ¬«Vi har slukt han.» Lat dei som jublar ¬når det går meg gale, få skam og vanære. Lat dei som briskar seg ¬mot meg, kle seg i skam og skjemsle. Men dei som ynskjer ¬at eg får min rett, skal fegnast og vera glade og alltid tenkja: ¬«Stor er Herren, som unner sin tenar ¬lukke og fred!» Mi tunge skal tala ¬om di rettferd og lovsyngja deg heile dagen. Til korleiaren. Av David, Herrens tenar. Synda kviskrar sine ord til den gudlause, ¬djupt i hans hjarta. Age for Gud veit han ikkje av. Når han ser på seg sjølv, ¬vert han smigra; han finn inga synd å hata. Dei ord han talar, ¬er lygn og svik. Han har halde opp ¬med å gjera godt og bera seg visleg åt. Han ligg og tenkjer ut ¬vondskap. Han slår inn på ein veg ¬som ikkje er god, og viser ikkje det vonde frå seg. Herre, til himmelen ¬når di miskunn, til skyene rekk din truskap. Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup ¬er dine domar. Du bergar menneske og dyr. Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd. Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka ¬or gledebekken din. For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos. Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg, og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta. Lat ikkje dei stolte trø meg ned, dei gudlause jaga meg bort! Så skal ugjerningsmennene ¬falla; dei skal støytast ned og ikkje reisa seg meir. Av David. Harmast ikkje på dei ¬som gjer vondt, misunn ikkje dei som gjer urett! For dei visnar ¬så snart som graset og turkar bort som grøne groen. Lit på Herren og gjer det gode, så skal du få bu i landet. Legg vinn på truskap! Ha di lyst og glede i Herren, så skal han gje deg ¬det hjarta ditt ynskjer! Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn. Han skal la di rettferd ¬bryta fram som ljoset, din rett skal verta ¬som høgljos dag. Ver still for Herren ¬og venta på han! Lat ikkje harmen loga mot den som har lukka ¬med seg, mot den som set vonde planar ¬i verk! Gjev vreiden opp, ¬lat harmen fara! Lat ikkje harmen loga – det fører berre ulukke ¬med seg. For dei som gjer vondt, ¬skal rydjast ut, men dei som ventar på Herren, ¬skal arva landet. Om ei lita stund ¬er den gudlause borte; ser du etter på hans stad, ¬så er han der ikkje. Men dei tolsame ¬skal arva landet og gleda seg over lukke og fred. Den gudlause legg vonde planar mot den rettferdige og skjer tenner mot han. Men Herren ler åt han, for han ser at hans dag kjem. Dei vonde dreg sverdet ¬og spenner bogen, dei vil fella den arme og fattige og drepa den ¬som fer ærleg fram. Men sverdet skal råka ¬dei sjølve i hjarta, og bogane skal brytast sund. Det vesle den rettferdige eig, er betre enn ¬den store rikdomen ¬åt dei gudlause. For den makt dei gudlause har, ¬skal brytast, men Herren held ¬dei rettferdige oppe. Herren kjenner dagane ¬åt dei ærlege, deira arv skal vara til evig tid. Dei vert ikkje til skammar ¬i vonde tider, når hungeren herjar, ¬får dei eta seg mette. Men dei gudlause går ¬til grunne. Som blomeskrudet på marka vert Herrens fiendar borte, dei kverv som røyk. Den gudlause låner ¬og gjev ikkje att, den rettferdige ¬er miskunnsam og gjevmild. Dei Herren velsignar, ¬skal arva landet, men dei han forbannar, ¬skal rydjast ut. Herren gjer mannens steg faste når han likar hans ferd. Om han snåvar, ¬fell han ikkje til jorda; for Herren stør hans hand. Ung har eg vore, ¬og no er eg gamal, men aldri har eg sett ¬ein rettferdig forlaten eller hans born be om brød. Han er alltid miskunnsam ¬og låner ut, og hans etterkomarar ¬vert til velsigning. Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode, så skal du for alltid bu trygt. For Herren elskar ¬det som er rett, han forlèt ikkje sine trugne. Dei vert haldne oppe ¬til evig tid, men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd. Dei rettferdige skal arva landet og alltid få bu i det. Den rettferdige talar visdom, rett er det ¬som kjem frå hans munn. Han har Guds lov i sitt hjarta, og hans steg er alltid støe. Den gudlause lurer ¬på den rettferdige og prøver å ta hans liv. Men Herren gjev han ikkje ¬i hans hand og lèt han ikkje dømast skuldig. Venta på Herren ¬og fylg hans veg! Så lyfter han deg opp, ¬og du arvar landet; du får sjå ¬at dei vonde vert utrudde. Eingong såg eg ¬ein gudlaus tyrann; han briska seg ¬som ein frodig seder. Då eg sidan kom framom, ¬var han borte; eg leita, men fann han ikkje. Gjev akt på den ¬som er heil i si ferd, og sjå på den som er ærleg! Det er framtid ¬for fredsæl mann. Men alle brotsmenn ¬går til grunne, dei gudlause har inga framtid. Dei rettferdige får si frelse ¬frå Herren, han er deira vern ¬i trengselstider. Herren hjelper og bergar dei, friar og frelser dei ¬frå dei vonde; for dei flyr til han. Ein Davids-salme. Til påminning. Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide, og tukt meg ikkje i din harme! For dine piler har råka meg, di hand ligg tungt på meg. Fordi du straffar i din harme, er ingenting friskt i min kropp; mine lemer er sjuke ¬fordi eg har synda. Mi syndeskuld stig meg ¬over hovudet, ho er som ei bør, ¬for tung for meg. Eg har sår som luktar ¬og renn av verk, fordi eg var så uvitug. Eg er kroket, ja, heilt nedbøygd, og går og syrgjer dagen lang. Mine hofter er fulle av verk, ingenting er friskt i min kropp. Eg er heilt kraftlaus og knekt; eg skrik fordi mitt sinn ¬er i opprør. Herre, du ser ¬kva eg lengtar etter, mitt sukk er ikkje løynt for deg. Mitt hjarta hamrar, ¬krafta sviktar, jamvel ljoset i augo er borte. Mine vener og frendar snur seg bort frå mi plage, mine næraste held seg ¬langt unna. Dei som står meg etter livet, set snarer for meg; dei som vil meg vondt, talar om å tyna meg og tenkjer dagen lang på svik. Men eg er som ein døv, ¬eg høyrer ikkje, lik ein mållaus ¬som ikkje opnar sin munn. Eg liknar ein mann ¬som ikkje høyrer og ikkje har svar i sin munn. Herre, til deg står mi von. Du vil svara meg, ¬Herre, min Gud. Eg tenkjer: Lat dei ikkje ¬triumfera over meg, og ikkje briska seg ¬når foten min er ustø. For eg held på å falla, mi plage står alltid for meg. Men eg sannar mi misgjerning og syrgjer over mi synd. Mine fiendar er fulle ¬av liv og kraft; mange er dei ¬som hatar meg utan grunn. Dei som løner godt med vondt, ¬står meg imot, fordi eg jagar etter det gode. Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ¬ver ikkje langt borte frå meg! Skunda deg og hjelp meg, Herre, du som er min frelsar! Til korleiaren. For Jedutun. Ein Davids-salme. Eg tenkte: «Eg vil ta meg i vare, så eg ikkje syndar med tunga, eg vil tøyma min munn så lenge dei gudlause ser meg.» Så vart eg mållaus og still, eg tagde ¬og hadde det ikkje godt. Mi liding var hard, eg vart heit om hjarta; eg stunde, og det brann som eld. Då tok eg til ords og sa: «Lær meg, Herre, ¬å kjenna min utgang, mine tilmælte dagar, ¬kor få dei er, så eg kan skjøna ¬kor forgjengeleg eg er.» Sjå, dei dagar du gjev meg, er få, mi levetid er ingen ting for deg. Ja, alle menneske ¬er som ein pust, som ein skugge går dei sin veg. Dei strevar og styn ¬til inga nytte, dei samlar, men veit ikkje ¬kven som får det. Og no, kva skal eg venta på, ¬Herre? Einast til deg står mi von. Så fri meg frå alle mine synder! Gjer meg ikkje til spott ¬for dårar! Eg teier ¬og lèt ikkje opp min munn, for det er du ¬som har laga det så. Ta bort den plaga du la på meg! Eg går til grunne ¬når du slår med di hand. Når du refser og tuktar ¬ein mann for hans synd, då øydelegg du hans stas, som når mòlen et opp tyet. Ja, alle menneske ¬er som ein pust. Høyr mi bøn, Herre, ¬lyd på mitt rop, og tei ikkje når eg græt! For eg er ein gjest hjå deg, ein framand ¬som alle mine fedrar. Sjå bort ifrå meg, ¬så lyser eg opp, før eg fer min veg ¬og ikkje er meir. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg ¬og høyrde mitt rop. Han drog meg opp ¬or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg. Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. Sæl er den mann som set si lit til Herren, og ikkje held seg til dei stolte, til dei som fell frå i lygn. Herre, min Gud, mange under har du gjort, og mange tankar har du ¬til vårt beste; ingen kan mæla seg med deg. Vil eg tala og fortelja om dei, er dei reint uteljande. Slaktoffer og gåve ¬har du ikkje hug på, – du har opna mitt øyra; brennoffer og syndoffer ¬krev du ikkje. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg. I bokrullen er det ¬skrive om meg. Å gjera din vilje, Gud, ¬er mi lyst, eg har di lov i mitt hjarta.» Eg forkynte bodskapen ¬om frelsa i den store samling. Eg lét ikkje att mine lipper; det veit du, Herre. Di rettferd ¬heldt eg ikkje for meg sjølv, eg tala om din truskap ¬og di frelse. Di miskunn og di sanning ¬forkynte eg ope i den store samling. Herre, du vil ikkje ta di miskunn frå meg. Di miskunn og di sanning skal alltid verna meg. Eg har tallause trengsler ¬på alle kantar, mine misgjerningar tek meg att, – eg kan ikkje lenger ¬lyfta augo; dei er fleire ¬enn håra på mitt hovud. Eg har reint mist motet. Herre, gjer vel og fri meg ut! Skund deg og hjelp meg, Herre! Lat alle som står meg etter livet, verta til spott og spe! Lat dei som vil tyna meg, dra seg tilbake med vanære. Dei som spottar meg ¬og ropar «ha-ha», skal stivna av redsle og skam. Men lat alle som søkjer deg, fegnast og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid seia: «Stor er Herren!» Eg er hjelpelaus og fattig, men Herren har omsut for meg. Du er min hjelpar ¬og bergingsmann; dryg ikkje lenger, min Gud! Til korleiaren. Ein Davids-salme. Sæl er den som har omsut for dei hjelpelause; på ulukkedagen ¬friar Herren han ut. Herren vernar han ¬og held han i live, folket i landet ¬prisar han lukkeleg. Du gjev han ikkje over ¬til grådige fiendar. Herren er hans støtte ¬på sjukesenga; du skaper om hans lege ¬når han er sjuk. Eg seier: «Herre, ¬ver meg nådig; læk meg, for eg har synda ¬mot deg!» Mine fiendar talar vondt ¬imot meg: «Når skal han døy ¬og hans namn ¬gå til grunne?» Og kjem det ein og ser til meg, talar han falske ord. Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt, og så går han ut ¬og snakkar om det. Alle som har lagt meg for hat, kviskrar saman om meg, dei legg vonde planar ¬mot meg: «Noko uhyggjeleg ¬har hendt han; no ligg han der ¬og står aldri meir opp.» Jamvel venen min ¬som eg leit på, han som åt ved mitt bord, lyfter hælen mot meg. Men, Herre, ver du meg nådig, hjelp meg opp, ¬så eg kan gje dei att. Min fiende får ikkje ¬triumfera over meg; difor veit eg at du ¬har meg kjær. Ja, du held meg oppe, for eg er heil i mi ferd; du lèt meg alltid ¬stå for ditt åsyn. * Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! ¬Amen, amen. Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane. Liksom hjorten stundar etter rennande bekker, såleis stundar mi sjel etter deg, min Gud. Mi sjel tyrstar etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg få koma og stiga fram for hans åsyn? Mine tårer har vorte min mat både dag og natt. Dagen lang kjem folk og seier: «Kvar er no din Gud?» Eg vil letta mi sjel og tenkja på det som var: at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet, drog i festtog til Guds hus med jubelrop og takkesong – ein pilegrimsskare i fest. Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud. Mi sjel er full av uro; difor kjem eg deg i hug frå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet, ja, frå Misar-berget òg. Havdjup ropar til havdjup, og dine fossar durar. Alle dine brot og bylgjer slår no over meg. Gjev Herren må senda ¬si miskunn om dagen og eg få syngja ¬hans pris om natta; eg bed til mitt livs Gud. No seier eg til Gud, ¬mitt berg: «Kvifor har du gløymt meg, kvifor må eg gå og syrgja, medan fienden plagar meg?» Det går meg gjennom ¬merg og bein når mine fiendar spottar meg, når dei seier til meg ¬dagen lang: «Kvar er no din Gud?» Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud. Hjelp meg til min rett ¬og før mi sak mot folk som ikkje ¬viser miskunn! Fri meg, Gud, frå menneske som fer med svik og vondskap! For du er mitt vern, Gud. Kvifor har du støytt meg bort? Kvifor må eg gå og syrgja medan fienden plagar meg? Send ditt ljos og di sanning, lat dei leia meg og føra meg ¬til ditt heilage fjell, til dine bustader. Så kan eg gå til Herrens altar, til Gud, mi glede og min jubel, og syngja din pris til lyra, Herre, du min Gud. Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein læresalme. Gud, vi har høyrt det ¬med eigne øyro, våre fedrar har fortalt oss det: Du gjorde eit verk i deira tid, i gamle dagar gjorde du det. Med di hand ¬dreiv du folkeslag ut, men våre fedrar planta du; dei andre folka knuste du, men våre fedrar ¬fekk breia seg fritt. For dei tok ikkje landet ¬med sverd, deira arm gav dei ikkje siger. Det var du som hjelpte dei med di høgre hand og din arm og med ljoset frå ditt åsyn; for du hadde dei kjær. Einast du er min konge ¬og Gud, som byd at Jakob skal bergast. Med di hjelp har vi støytt våre fiendar til jorda, i ditt namn har vi trakka våre motstandarar ned. For eg sette ikkje mi lit ¬til bogen, det var ikkje sverdet ¬som berga meg. Nei, du har frelst oss ¬frå våre fiendar, dei som hata oss, ¬gjorde du til skammar. Av Gud har vi alltid rosa oss, vi prisar ditt namn ¬til evig tid. Likevel støytte du oss bort ¬med skam, du drog ikkje ut ¬med våre hærar. Du lét oss vika for fienden; dei som hata oss, ¬reiv til seg hærfang. Du har gjeve oss over ¬som slaktefe og spreitt oss ¬mellom folkeslaga. Du har selt ditt folk ¬til spottpris, du tok ikkje stor betaling ¬for det. Du gjer oss til hån ¬for våre grannefolk, til spott og spe ¬for dei som bur ikring oss. Du gjer oss til eit ordtak ¬mellom folka, lèt folkeslag ¬rista på hovudet åt oss. Mi vanære har eg ¬alltid for auga, mitt andlet raudnar av skam, når eg høyrer dei ¬som hånar og spottar, når eg ser min fiende ¬som vil ha hemn. Alt dette har kome over oss, endå vi ikkje har gløymt deg og ikkje har svike di pakt. Vårt hjarta har ikkje vike ¬frå deg, våre steg har ikkje bøygt av ¬frå din veg. Likevel har du støytt oss bort til den staden ¬der sjakalar held til, og løynt oss ¬i djupaste mørkret. Hadde vi gløymt å tilbe ¬vår Gud og lyft våre hender ¬til ein framand gud, då ville vel Gud ha merka det, han som kjenner ¬hjartans løynde tankar. Men for di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. Vakna! Kvifor søv du, Herre? Vakna, støyt oss ikkje bort ¬for alltid! Kvifor løyner du ditt andlet, kvifor gløymer du ¬vår naud og trengsle? Vår sjel er bøygd i støvet, vår kropp ligg trykt til jorda. Reis deg og hjelp oss, fri oss ut ¬for din truskap skuld! Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik. Mitt hjarta strøymer over ¬av gode ord, eg vil kveda min song ¬for kongen. Mi tunge er som ¬ein snøggskrivars griffel. Du er den fagraste ¬av menneske, milde ord har du på lippa. Difor har Gud velsigna deg ¬for alltid. Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe, i di høgd og din herlegdom! Ha lukka med deg! Dra ut til strid for sanning, mildskap ¬og rett! Di høgre hand skal visa deg skræmande storverk. Dine piler er kvasse – folk stuper for deg; dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta. Din kongsstol, Gud, står til evig tid, rettferds stav er din kongsstav. Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar. Av myrra, aloë og kassia angar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespel frå elfenbeinsprydde haller. Mellom dine edle damer er det kongsdøtrer, og ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull. Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til! Gløym ditt folk og di farsætt, så vil kongen gleda seg ¬over din venleik! For han er din herre, ¬han skal du hylla. Frå Tyrus kjem dei med gåver, dei rike i folket ¬søkjer din velvilje. I all sin prydnad ¬stig kongsdottera inn, hennar kjole ¬er gjennomvoven med gull. I sin fargerike bunad ¬vert ho leidd til kongen. Etter henne fylgjer unge jenter, hennar veninner, ¬som vert førte fram for deg. Medan folket ropar ¬av fryd og glede, går dei inn i kongens slott. Dine søner skal koma ¬i staden for fedrane; set dei til hovdingar ¬kringom i landet! Frå ætt til ætt ¬vil eg prisa ditt namn; difor skal folka ¬lova deg evig og alltid. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter Alamot. Ein song. Gud er vår tilflukt ¬og vår styrke, han har hjelpt oss ¬i alle trengsler. Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek, om fjella ragar i havsens djup, om bylgjene bryt og brusar, og fjella skjelv ¬i opprørt hav. Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by, der Den Høgste ¬har sin heilage bustad. Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der. Gud hjelper han ¬når morgonen renn. Folkeslag brusa, rike vart rikka, røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv. Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss, Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Kom og sjå ¬kva Herren har gjort, han som gjer skræmande ting ¬på jorda! Han gjer ende på krig ¬over heile jorda, bryt bogane sund, ¬høgg spyda av og set eld på vognene. Hald opp ¬og skjøn at eg er Gud! Eg er opphøgd over folkeslaga, opphøgd på jorda. Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss, Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme. Klapp i hendene, alle folk, hyll no Gud med jubelrop! For ageleg er Herren, ¬Den Høgste, den store kongen over all jorda. Han la folkeslag under oss, folkeætter under våre føter. Han valde eit land ¬som han gav oss i arv, ein stolt arv for Jakob, ¬som han elskar. Gud drog opp ¬medan jubelrop ljoma, Herren kom ¬medan horna klang. Syng for Gud, ja, syng og spel, syng og spel for vår konge! For Gud er konge ¬over all jorda. Syng ein lovsong for han! Gud er konge over folka, han sit på sin ¬heilage kongsstol. Fyrstane over folka ¬skal samlast med folket åt Abrahams Gud. For skjoldane på jorda ¬er i Guds makt. Høgt er han opphøgd. Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane. Stor er Herren, ¬og høgt er han lova i vår Guds by, ¬på hans heilage fjell. Det reiser seg fagert, ¬ei glede for all jorda, Sion-fjellet lengst i nord, byen åt den store kongen. Gud er i borgene der, kjend som eit trygt vern. Sjå, kongane slo seg saman, i fylking drog dei fram. Men då dei såg opp, ¬vart dei vitskræmde og rømde i bråhast. Der vart dei gripne ¬av skjelvande redsle, av angst ¬som ei fødande kvinne. Det var som når storm ¬frå aust knuser Tarsis-skip. Det vi før høyrde, ¬har vi no sett i byen åt Herren, Allhærs Gud, i vår Guds by. Han held han oppe ¬til evig tid. Vi grundar på din truskap, Gud, i ditt heilage tempel. Ditt namn er kjent, Gud, og det får lovsong heilt til endane av jorda. Di høgre hand ¬er full av rettferd. På Sion-fjellet gleder dei seg, og i Juda-byane jublar dei over dine domar. Gå rundt om Sion, ¬gå heilt ikring, tel kvart tårn i byen! Legg merke til festningsvollane og gå igjennom borgene! Fortel så til den ætt som kjem, at slik er Gud, vår Gud, ¬for evig. Han skal føra oss ut ¬over døden. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme. Høyr dette, alle folkeslag, lyd etter, ¬alle de som bur i verda, både høg og låg, rik og fattig! Min munn skal tala vise ord, vituge er mine tankar. Eg bøyer mitt øyra ¬til visdomsord og løyser mi gåte ¬til tonar frå lyra. Kvi skal eg ottast i vonde dagar når eg på alle kantar møter svikarars vondskap? Dei set si lit til sitt gods og briskar seg ¬av sin store rikdom. Ingen kan løysa ut sin bror og gje Gud løysepengar ¬for han, – det vart for dyrt ¬å kjøpa han fri, det må gjevast opp for alltid – så han kunne leva evig og aldri gå i grav. Nei, han ser ¬at jamvel vismenn må døy, dårar og dumme ¬går alle til grunne og etterlèt sitt gods til andre. Grava vert deira heim ¬for evig, deira bustad frå ætt til ætt, endå dei samla seg ¬åker og eng. Med all sin herlegdom kan mennesket ikkje ¬leva for alltid; liksom dyra må det døy. Så går det med dei ¬som lit på seg sjølve, det vert slutten for alle som er nøgde ¬med sine eigne ord. Som ein saueflokk ¬fer dei til dødsriket, døden er deira hyrding. Dei ærlege skal rå over dei når morgonen renn. Deira skapnad ¬går i oppløysing, i dødsriket skal dei ha ¬sin bustad. Men Gud vil fria meg ut or helheims vald, for han vil ta meg til seg. Ver ikkje redd ¬om ein mann vert rik, om velstanden aukar ¬i hans hus! For når han døyr, ¬får han ingenting med, rikdomen fylgjer han ikkje ¬i grava. Han kan prisa seg lukkeleg ¬her i livet: «Folk rosar deg, ¬for du gjer det godt.» Likevel går han til sine fedrar og får aldri meir sjå ljoset. Med all sin herlegdom skjønar mennesket ingen ting; liksom dyra må det døy. Ein Asaf-salme. Herren, Gud over gudar, talar, han kallar på jorda ¬frå aust til vest. Frå Sion, den fagraste krona, strålar Gud fram. Vår Gud kjem, han teier ikkje. Framfor han ¬går ein øydande eld, ikring han stormar det sterkt. Han kallar på himmelen ¬der oppe og på jorda; ¬for han vil døma sitt folk. «Samla dykk hjå meg, ¬mine trugne, de som med offer har gjort pakt med meg.» Himmelen forkynner ¬hans rettferd; for det er Gud som dømer. Høyr, mitt folk, ¬for eg vil tala, Israel, eg vil vitna imot deg. Eg er Herren din Gud. Eg refser deg ikkje ¬for dine slaktoffer, dine brennoffer ¬har eg støtt for auga. Men eg tek ikkje oksar ¬frå ditt hus eller bukkar frå dine kveer. For mine er alle dyr i skogen og villdyra på dei tusen fjell. Eg kjenner alle fuglar ¬under himmelen, og krypet på marka ¬høyrer meg til. Var eg svolten, ¬bad eg ikkje deg om noko; for eg eig jorda ¬og det som fyller henne. Skulle eg eta kjøt av oksar og drikka blod av bukkar? Ber ditt takkoffer fram for Gud, gjev Den Høgste ¬det du har lova! Kall på meg ¬den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, ¬og du skal prisa meg. Men til den gudlause ¬seier Gud: Kva har du med ¬å forkynna mine bod og ta mi pakt i din munn, du som ikkje vil vita av tukt og kastar mine ord ¬bak din rygg? Ser du ein tjuv, ¬slår du fylgje med han, med ekteskapsbrytarar ¬held du lag. Du slepper vondskap ¬ut or munnen, med tunga spinn du svik. Du sit og talar imot bror din og snakkar vondt ¬om son til mor di. Det har du gjort ¬– og eg skulle teia? Meiner du at eg er som du? Nei, eg vil refsa deg og halda det fram for deg. Gjev akt på dette, de som gløymer Gud! Elles riv eg dykk sund, og ingen bergar. Den som ber fram takkoffer, ¬ærar meg, og den som går ¬den rette vegen, skal få sjå Guds frelse. Til korleiaren. Ein salme av David, då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba. Ver meg nådig, Gud, ¬i din truskap, stryk ut mine brot ¬i di store miskunn! Gjer meg rein og fri ¬for skuld, og reinsa meg for mi synd! For mine brot kjenner eg, mi synd står alltid for meg. Einast mot deg har eg synda, det som er vondt i dine augo, ¬har eg gjort. Så får du rett når du talar, og står der rein ¬når du feller dom. Ja, med skuld kom eg til verda, med synd vart eg avla ¬i mors liv. Sjå, du har hug til sanning ¬i inste hjarta, så lær meg visdom ¬i hjartedjupet! Reinsa meg for synd med isop, vaska meg, ¬så eg vert kvitare enn snø! Lat meg kjenna fryd og glede, lat dei bein du knuste, jubla! Løyn ditt åsyn ¬for mine synder, og stryk ut all mi skuld! Gud, skap i meg ¬eit reint hjarta, gjev meg ei ny og stødig ånd! Kasta meg ikkje bort ¬frå ditt åsyn, ta ikkje frå meg ¬din Heilage Ande! Lat meg atter få fryda meg ¬over di frelse, hald meg oppe ¬med ei viljug ånd! Så vil eg læra brotsmenn ¬dine vegar, og syndarar skal venda om ¬til deg. Fri meg, Gud, frå blodskuld, – du Gud som er min frelsar! Så skal eg jubla over di rettferd. Herre, lat opp mine lipper, så min munn kan lovprisa deg. For slaktoffer ¬har du ikkje hug på; kjem eg med brennoffer, ¬vil du ikkje ha det. Nei, offer for Gud ¬er ei sundbroten ånd. Eit sundbrote og knust hjarta, det vanvørder du ikkje, Gud. Gjer vel mot Sion i din nåde, bygg opp att murane ¬kring Jerusalem! Då skal du ha hugnad ¬i dei rette offer – både brennoffer ¬og heiloffer, då skal dei ofra oksar ¬på ditt altar. Til korleiaren. Ein læresalme av David, då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Akimeleks hus. Kvifor rosar du deg ¬av din vondskap, du mektige mann? – Guds truskap varer alltid. Du tenkjer berre ¬på å øydeleggja, tunga di er som ein kvass kniv, du som fer med svik. Du elskar det vonde ¬meir enn det gode og lygna ¬meir enn sannferdig tale. Du elskar kvart ord ¬som gjer rådlaus, du som har svik på tunga. Difor skal Gud slå deg ned ¬for alltid, knusa deg ¬og dra deg ut or ditt telt; han skal rykkja deg opp ¬or landet åt dei levande. Dei rettferdige skal sjå det ¬og ottast; dei skal le åt han og seia: «Sjå, der er den mannen som ikkje søkte livd ¬hjå Gud, men sette si lit ¬til sin store rikdom og bruka sin styrke ¬til å øydeleggja.» Men eg er som eit oliventre, grønt og frodig i Guds hus. Evig og alltid set eg mi lit til Guds truskap. All mi tid vil eg prisa deg, fordi du har gripe inn. Saman med dine trugne set eg mi von til ditt namn, for du er god. Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme av David. Dåren seier i sitt hjarta: «Det er ingen Gud.» Vond og stygg er deira ferd, det finst ikkje éin ¬som gjer godt. Frå himmelen skodar Gud ned på menneska. Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud. Alle har falle frå Gud, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste. Skjønar dei då ingen ting, desse ugjerningsmennene? Dei sluker mitt folk ¬som ein et opp brød, og kallar ikkje på Gud. Men dei skal skjelva av redsle, dei som aldri var redde. For Gud skal strøya ut beina av dei som fylkar seg mot deg. Du lèt dei verta til skammar. Ja, Gud har vraka dei. Å, gjev det må koma frelse for Israel frå Sion! Når Gud vender lagnaden ¬for sitt folk, skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David, då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hjå oss.» Frels meg ved ditt namn, Gud, og hjelp meg til min rett ¬med di kraft! Høyr mi bøn, Gud, vend øyra til dei ord eg talar! For framande har reist seg ¬mot meg, valdsmenn står meg etter livet. Dei bryr seg ikkje om Gud. Men sjå, Gud er min hjelpar, det er Herren ¬som held meg oppe. Gjev han må la ulukka ¬koma over mine fiendar! Gjer ende på dei i din truskap! Med viljug hjarta ¬skal eg ofra til deg og prisa ditt namn, Herre, for du er god. Herren friar meg ut ¬or all naud, eg får sjå at mine fiendar fell. Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David. Høyr mi bøn, Gud, løyn deg ikkje ¬når eg tryglar og bed. Akta på meg og gjev meg svar! Eg får ikkje ro for mi sut. Eg er heilt ifrå meg når fienden ropar, og dei gudlause ¬trykkjer meg ned. For dei velter vondskap ¬over meg, rasande går dei laus på meg. Mitt hjarta skjelv i barmen, dødsangst kjem over meg. Otte og age fyller meg, og heile kroppen skjelv. Eg tenkte: ¬Hadde eg venger som dua, då flaug eg bort ¬og fann meg ein bustad. Langt av garde ville eg røma og halda til i øydemarka. Eg ville skunda meg i livd for storm og rykande uver. Skap redsle og rådløyse, Herre, og kløyv deira tunger! For eg ser berre vald ¬og strid i byen. Dag og natt går dei ikring han oppå murane. Vondskap og urett rår i byen, han er full av rotenskap. Frå torget der ¬vik ikkje vald og svik. Det er ikkje ein fiende ¬som spottar meg – det kunne eg nok tola, ingen uven ¬som audmykjer meg – då ville eg gøyma meg ¬for han. Nei, det er du, min likemann, min gode ven og kjenning, – vi som hadde det godt i lag og gjekk i festtog til Guds hus. Lat døden koma over dei, lat dei levande fara ¬til dødsriket! For vondskap har dei ¬i heim og hug. Men eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg. Både kveld og morgon ¬og midt på dagen må eg klaga og sukka. Han vil høyra når eg ropar, fria meg frå striden ¬og gje meg fred, endå mange går imot meg. Gud skal høyra meg ¬og audmykja dei, han som frå eldgamal tid ¬sit på trona. For dei snur ikkje om og har ikkje age for Gud. Fienden legg hand ¬på sine vener, skamlaust bryt han si pakt. Hans tale er sleipare enn smør, men i hjarta ¬tenkjer han på strid. Hans ord er mildare enn olje, likevel er dei ¬som dregne sverd. Kast di bør på Herren, han vil syta for deg! Aldri i æve skal han la den rettferdige rikkast. Men du, Gud, støyt drapsmenn og svikarar ned i den djupe grav, så dei berre får helvta ¬av sine dagar. Men eg set mi lit til deg. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat. Ver meg nådig, Gud! Folk vil meg til livs, stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen. Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg, mange strider mot meg ¬i hovmod. Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg, med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord. Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd. Kva kan vel menneske ¬gjera meg? Dagen lang vil dei ¬skada mi sak, dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt. Dei slår seg saman ¬og lurer på meg, ja, dei vaktar mine steg, for dei ynskjer å ta mitt liv. Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde. Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud! Du har skrive opp korleis eg flakka ikring; mine tårer har du samla ¬i di flaske. Står det ikkje i di bok? Så skal mine fiendar ¬dra seg tilbake den dagen eg ropar. Det veit eg, at Gud er ¬med meg. Med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord, ja, ved Herren prisar eg ordet. Eg lit på Gud og er ikkje redd. Kva kan vel menneske ¬gjera meg? Eg må gjera ¬det eg har lova deg, Gud, eg vil koma til deg ¬med takkoffer. For du har berga mitt liv ¬frå døden og fria min fot frå å snåva. Så kan eg ferdast for Guds åsyn ¬i livsens ljos. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola. Ver meg nådig, Gud, ¬ver meg nådig! For eg flyr til deg. I skuggen av dine venger finn eg livd til ulukka ¬er over. Eg ropar til Gud, Den Høgste, til Gud ¬som fullfører verket for meg, at han må senda meg hjelp ¬frå himmelen, setja støkk i dei ¬som vil meg til livs, og visa meg miskunn ¬og truskap. Eg må liggja midt ¬imellom løver som vil gløypa menneske. Deira tenner er ¬som spyd og piler, deira tunge ¬som kvasse sverdet. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda! Dei sette garn for mine føter, djupt bøygde dei meg ned. Dei grov ei fallgrav for meg, men sjølve fall dei ned ¬i henne. Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg. Eg vil syngja og spela. Vakna, mi sjel, vakna, harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja. Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre, lovsyngja deg ¬mellom folkeslag. Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho, til skyene rekk din truskap. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda! Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David. Talar de verkeleg rett, de mektige menn? Dømer de menneska ¬rettferdig? Nei, med vilje ¬gjer de urett på jorda, med hendene banar de ¬veg for vald. Dei gudlause ¬har vendt seg bort frå Gud, heilt frå si fødestund; lygnarane har fare vilt sidan dei kom frå mors liv. Dei har gift i seg liksom ormen, dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren, eller på den ¬som kan kunsten å mana. Gud, slå tennene ut ¬or deira munn, bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre! Lat dei kverva ¬som rennande vatn! Lat dei berre spenna bogen – pilene er utan kraft. Lat dei verta lik snigelen som løysest opp i slim ¬der han kryp, lik det ufullborne foster som aldri såg sola. Enno før grytene deira kjenner varmen ¬frå klungerriset, føykjest dei bort, anten kjøtet er rått eller kokt. Men den rettferdige ¬skal gleda seg når han ser at han får hemn. Han skal vaska sine føter i blodet av dei gudlause. Då skal menneska seia: «Ja, den rettferdige får si løn. Det er Gud ¬som dømer på jorda.» Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han. Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar, vern meg mot dei ¬som reiser seg mot meg! Fri meg frå folk ¬som fer med vondskap, og frels meg frå drapsmenn! For sjå, dei ligg og lurer ¬på meg, sterke menn går til strid ¬imot meg. Utan at eg har forbrote meg, ¬Herre, utan at eg har synd ¬eller skuld, stormar dei fram ¬og fylkar seg til strid. Vakna, kom til meg og sjå! Herre, Allhærs Gud, du er då Israels Gud. Vakna og krev ¬alle folk til rekneskap, ver ikkje nådig ¬mot trulause nidingar! Dei kjem att kvar kveld; dei hyler som hundar og fer ikring i byen. Høyr, kor dei brukar munn, lippene deira er som sverd. Er det nokon som høyrer? Men du, Herre, ler åt dei, du spottar alle folkeslag. Eg vil akta på deg, ¬min styrke; Gud er mi faste borg. Min Gud møter meg ¬med si miskunn, han lèt meg sjå ¬at mine fiendar fell. Drep dei ikkje, så mitt folk ikkje gløymer det! Bruk makt, ¬så dei må flakka ikring, og støyt dei ned, Herre, ¬du vårt skjold! Kvart ord dei tek i sin munn, ¬er synd. Lat dei fangast ¬i sitt eige hovmod fordi dei fer ¬med forbanning og lygn. Gjer ende på dei i din harme, gjer ende på dei, ¬så dei vert til inkjes. Då skal folket skjøna at det er Gud som rår i Jakob, ja, radt til heimsens ende. Dei kjem att kvar kveld; dei hyler som hundar og fer ikring i byen. Dei flakkar om, vil finna mat, og knurrar ¬når dei ikkje vert mette. Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon ¬over din truskap. For meg har du vorte ei borg, ei tilflukt den dag eg er i naud. Eg vil syngja for deg, ¬min styrke; for Gud er mi faste borg, min Gud som viser miskunn. Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam. Til lærdom. Av David, då han låg i strid med aramearane frå Mesopotamia og aramearane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen. Du har støytt oss bort, Gud, ¬og slege oss. Du var harm, ¬men reis oss opp att! Du lét landet skjelva og rivna. Bøt no brestene! ¬Det står for fall. Du lét folket ditt lida hardt, og gav oss ein vin så vi tumla. Men for dei som ottast deg, har du reist ei fane; dit kan dei røma for bogen. Hjelp oss med di høgre hand, svar oss, ¬så dine kjære vert berga. Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem og mæla opp Sukkot-dalen. Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til, Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud, og Juda er min styrarstav. Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg min sko. Eg triumferer ¬over Filistarlandet.» Kven fører meg ¬til festningsbyen, kven leier meg til Edom? Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss og ikkje drog ut ¬med våre hærar? Gjev oss hjelp mot fienden! Hjelp frå menneske ¬duger ikkje. Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk. Han skal trakka ¬våre fiendar ned. Til korleiaren. Med strengespel. Av David. Høyr mitt klagerop, Gud, lyd til mi bøn! Frå enden av jorda ¬ropar eg til deg, for krafta i hjarta mitt minkar. Før meg opp på eit fjell som er for høgt for meg. For du har vore mi livd, eit tårn til vern mot fienden. Lat meg alltid få bu i ditt telt og finna livd ¬under dine venger! For du har høyrt ¬mine lovnader, Gud, du gjev meg arv med dei ¬som ottast ditt namn. Legg fleire dagar til ¬kongens liv, lat han leva ¬medan ættene skifter! Lat han trona evig ¬for Guds åsyn, lat miskunn og truskap ¬verna han! Så skal eg alltid prisa ¬ditt namn, når eg dagleg held ¬mine lovnader. Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein Davids-salme. Einast i von til Gud ¬er mi sjel still, mi frelse kjem frå han. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast. Kor lenge vil de, alle i hop, gå laus på ein mann ¬for å drepa han, som når ein stormar ¬mot ein lutande vegg eller ein falleferdig mur? Ja, dei legg planar ¬om å støyta han ned, ned frå hans høgd ¬– dei elskar svik. Med munnen velsignar dei, men i sitt hjarta ¬forbannar dei. Ver still for Gud, mi sjel! Frå han kjem mi von. Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast. Mi frelse og mi ære har sin grunn i Gud. Han er mitt faste fjell, eg flyr til han. Lit alltid på Gud, de folk, renn ut for han ¬det som fyller hjarta! Gud er ei livd for oss. Menneske er som ein pust, menneskeborn sviktar; på vektskåla vippar dei opp, dei er alle lettare enn luft. Set ikkje lit til vald eller fåfengd von til rov! Om rikdomen aukar, så lat ikkje det fanga din hug! Éin gong har Gud tala til meg, ja, to gonger har eg høyrt at det er Gud ¬som har makta, og at du er trufast, Herre. For du løner kvar og ein etter det han har gjort. Ein salme av David, då han var i Juda-øydemarka. Gud, du er min Gud, ¬som eg søkjer. Mi sjel tyrstar etter deg, min lekam stundar etter deg i det aude, turre ¬og vasslause landet. Så skodar eg deg ¬i heilagdomen og ser di makt ¬og din herlegdom. For di miskunn ¬er betre enn livet. Mine lipper skal syngja ¬din pris. Så vil eg lova deg ¬heile mitt liv og lyfta mine hender ¬i ditt namn. Då mettast mi sjel ¬som med feite retter, med jublande lipper ¬prisar eg deg. Eg tenkjer på deg ¬når eg ligg og kviler, og grundar på deg ¬kvar nattevakt. For du har vore ¬ei hjelp for meg, eg jublar ¬i skuggen av dine venger. Mi sjel heng fast ved deg, du held meg oppe ¬med di høgre hand. Men dei som står meg ¬etter livet, skal fara ned i jordedjupet. Dei skal gjevast over ¬til sverds makt og verta til rov for sjakalar. Men kongen skal gleda seg ¬i Gud. Alle som sver ved han, ¬skal jubla når lygnarane vert målbundne. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Høyr mi røyst ¬når eg klagar, Gud, vern mitt liv ¬mot skræmande fiendar! Gøym meg for dei vonde ¬som legg planar mot meg, for den bråkande hopen ¬av ugjerningsmenn. Dei kvesser si tunge ¬som eit sverd og siktar på skuldfri mann med beiske ord som piler; dei vil skyta han i løynd. Brått skyt dei han ¬og reddast ikkje. Fast er dei rådde på sin udåd. Dei talar om ¬å setja løynde feller og seier: ¬«Kven kan vel sjå dei?» Dei tenkjer berre på vondskap: «Vi er budde, ¬planen er uttenkt.» Uransakande er mennesket ¬i hjarta og hug. Då skyt Gud ei pil imot dei, brått vert dei råka. Deira eiga tunge ¬har ført dei til fall. Alle som ser dei, ¬rister på hovudet. Alle menneske vert forfærde. Dei fortel om Guds gjerning og skjønar det verket han gjer. Den rettferdige gleder seg ¬i Herren og søkjer livd hjå han. Alle ærlege av hjarta ¬prisar seg lukkelege. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Ein song. Gud, det er rett at vi lovsyng deg på Sion og held våre lovnader til deg, du som høyrer bøner. Alle menneske kjem til deg med si syndeskuld. Når våre synder ¬vert for tunge for oss, då slettar du dei ut. Sæl er den som du vel ut, så han får koma nær til deg og bu i dine tempelgardar. Vi mettar oss ¬med det gode i ditt hus, med det heilage i ditt tempel. Du bønhøyrer oss i rettferd med underfulle gjerningar, du Gud som er vår frelsar, ei livd for alle land på jord, ja, for havsens fjerne strender. Du reiste fjella med di kraft, batt styrkebeltet om deg. Du døyvde opprørt hav, du stilte bylgjene, ¬ståket av folkeslag, så dei som bur ¬ved verdsens endar, laut reddast ved dine teikn. Du skapte jubel frå aust til vest. Du har gjesta jorda ¬og gjeve henne regn, du har gjort henne ovende rik. Guds bekk er full av vatn; du syter for at kornet veks. Såleis legg du alt til rettes: Du vatnar fòrene, ¬jamnar veltene og bløyter opp jorda med regn; du signar hennar grøde. Du kronar året ¬med gode gåver, det spirer og gror ¬i dine hjulspor, det spirer ¬på dei aude beitemarker, kring haugane er det jubel. Markene er kledde med sauer og dalane sveipte i korn. Det lyder glederop og song. Til korleiaren. Ein song. Ein salme. Lat hyllingsrop lyda for Gud, ¬all jorda, og syng om hans ¬herlege namn! Lovsyng Guds herlegdom og sei til han: «Kor agelege ¬dine gjerningar er!» Di makt er så stor at dine fiendar kryp for deg. Heile jorda skal bøya seg ¬og tilbe deg, dei skal spela for deg ¬og prisa ditt namn. Kom og sjå Guds gjerningar! Ageleg er han når han gjer sitt verk ¬mellom menneska. Han gjorde sjøen til turt land, gjennom elva gjekk dei til fots. Lat oss gleda oss i han! Han rår med velde til evig tid og held auga med folkeslag; dei som vil opprør, ¬reiser seg ikkje. Pris vår Gud, de folkeætter, lat lovsongen ljoma for han, han som held oss i live og ikkje lèt vår fot vera ustø. For du har sett oss på prøve, ¬Gud, og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv. Du lét oss gå i garnet og la ei bør på våre hofter. Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud, vi laut gå gjennom eld og vatn. Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod. Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus, eg vil halda mine lovnader ¬til deg, dei lovnader som kom ¬over mine lipper, og som eg gav då eg var i naud. Eg gjev deg gjøfe til brennoffer og lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg; eg ofrar både oksar ¬og bukkar. Kom hit og høyr, alle de som har age for Gud, så skal eg fortelja kva han har gjort mot meg. Frå min munn steig ropet ¬til han, og på mi tunge var det lovsong. Hadde eg hatt urett i tankar, ville Herren ikkje ¬ha høyrt meg. Men Gud har sanneleg høyrt! Han lydde på mitt bønerop. Lova vere Gud, som ikkje sa nei til mi bøn og ikkje tok si miskunn ¬frå meg! Til korleiaren. Til strengespel. Ein salme. Ein song. Ver oss nådig, Gud, ¬og velsigna oss! Lat ditt andlet lysa hjå oss, så din veg vert kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag. Folka skal prisa deg, Gud, ja, alle folk skal prisa deg. Folkeslag skal gledast og jubla; for du dømer folka ¬med rettferd og leier folkeslaga på jord. Folka skal prisa deg, Gud, ja, alle folk skal prisa deg. Landet har gjeve si grøde, Herren vår Gud har ¬signa oss. Gud velsigne oss! Gjev alle folk på jord må ottast han! Til korleiaren. Ein Davids-salme. Ein song. Gud reiser seg, og hans fiendar ¬vert spreidde; dei som hatar han, ¬rømer for hans åsyn. Du driv dei bort som røyk. Dei gudlause går til grunne ¬for Guds åsyn, lik voks som brånar for elden. Men dei rettferdige gleder seg, dei jublar for Gud ¬med fryd og glede. Syng for Gud, ¬og pris hans namn! Ryd veg for han som fer fram ¬gjennom øydemarkene. Herren er hans namn ¬– jubla for han! Ein far for farlause, ¬ein forsvarar for enkjer er Gud i sin heilage bustad. Gud lèt einsame finna ¬ein heim, han fører ut fangar ¬til lukke og trivsel, men opprørarar må bu ¬i eit audt og avsvidt land. Då du drog ut ¬framfor folket ditt, Gud, og skreid fram ¬gjennom øydemarka, då riste jorda, ¬og himmelen draup for Gud på Sinai, for Herren, Israels Gud. Du lét regnet strøyma, Gud, ditt arveland som var turka ut, gav du atter liv. Der fekk di ætt slå seg ned; i din godleik, Gud, sytte du for dei hjelpelause. Herren sender eit ord, og stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod: «Kongar over hærar flyr! ¬Dei flyr! Kvinnene heime ¬deler hærfang. Skal de verta sitjande ¬mellom kløvkorgene? Dua har sølv på vengene sine, og på vengefjørene ¬gulgrønt gull. Då Den Allmektige ¬spreidde kongane, snøa det på Salmon-fjellet.» Eit gudefjell er Basan-fjellet, Basan-fjellet ¬med dei mange tindar. Fjelltoppar, kvifor ser de skeivt til fjellet som Gud ¬har valt seg til bustad, der Herren vil bu til evig tid? Guds vogner er ti tusen ¬gonger tusen, i heilagdom kom Herren ¬frå Sinai. Du steig opp til høgda. Fangar førte du med deg, og gåver tok du ¬mellom menneska, ja, jamvel mellom opprørarar. Der ville du bu, Herre Gud. Lova vere Herren ¬frå dag til dag! Gud ber oss, ¬han er vår frelse. Gud er for oss ¬ein Gud som frelser, hjå Herren vår Gud ¬er det utveg frå døden. Ja, han knuser hovudet ¬på sine fiendar og skallen på dei ¬som lever i synd. Herren seier: ¬«Eg hentar dei frå Basan, eg fører dei tilbake ¬frå havsens djup. Då kan du vaska føtene i blod, og hundane dine skal få sin del av fiendane.» Folk har sett ditt festtog, Gud, festtoget åt min Gud og konge opp til heilagdomen. Songarar går føre, sidan kjem harpespelarar og i midten jenter ¬som slår på tromme. Lovpris Herren Gud i kor, de som er av Israels kjelde! Der er Benjamin, den yngste, som er herre over dei andre, Judas hovdingar i flokk og hovdingane i Sebulon ¬og Naftali. Set inn din styrke, Gud, den makt som du, Gud, har vist mot oss, frå ditt tempel i Jerusalem, der kongar kjem ¬med gåver til deg. Rett ditt trugsmål ¬mot dyret i sevet, mot flokken av dei mektige, mot herrane over folka. Trakka ned dei ¬som trår etter sølv, og sprei dei folk ¬som er huga på strid! Dei kjem med bronsevarer ¬frå Egypt; folket i Nubia skundar seg og retter hendene ut til Gud. De kongerike på jord, ¬syng for Gud, syng og spel for Herren, han som fer fram ¬over himmelen, den eldgamle himmel. Høyr, han lyfter si røyst, ¬ei veldig røyst! Lat Gud få makt! Han har velde over Israel, hans makt når heilt til skyene. Ageleg er Gud i sin heilagdom. Israels Gud, han gjev folket ¬kraft og styrke. Lova vere Gud! Til korleiaren. Etter «Liljene». Av David. Frels meg, Gud! Vatnet når meg heilt til halsen, eg har sokke ned ¬i ei botnlaus myr, der det ikkje er feste for foten. Eg er komen ut på djupet, og straumen riv meg bort. Eg har ropa meg trøytt, det brenn i strupen. Augo mine er dimme, eg har venta så lenge ¬på min Gud. Fleire enn håra på mitt hovud er dei som hatar meg ¬utan årsak. Mange er dei ¬som vil meg til livs, som er mine fiendar ¬utan grunn. No må eg gje vederlag for det eg ikkje har røva. Gud, du kjenner min dårskap, mine synder ¬er ikkje løynde for deg. Lat ikkje dei som vonar på deg, Herre, Allhærs Gud, verta vonbrotne over meg! Lat ikkje dei som søkjer deg, verta til skammar for mi skuld, ¬Israels Gud! For di skuld må eg tola spott; mitt andlet raudnar av skam. Eg har vorte ein framand ¬for brørne mine, ein ukjend mann ¬for sønene åt mor mi. Ja, brennhug for ditt hus ¬har ete meg opp; spottord frå dei ¬som spottar deg, har falle på meg. Når eg gret og fasta, vart eg spotta for det. Når eg tok på meg syrgjeklede, vart eg til eit ordtak for dei. Dei snakkar om meg ¬når dei sit i porten, og syng om meg ¬i sine drikkelag. Men, Herre, ¬eg vender meg til deg med mi bøn i nådens tid. Svar meg, Gud, ¬i di store miskunn, du som er ein trufast hjelpar. Berga meg, ¬så eg ikkje søkk i gjørma, lat meg verta berga ¬frå dei som hatar meg, og frå det djupe vatnet! Lat ikkje straumen ¬riva meg bort, lat ikkje djupet gløypa meg, eller brunnen ¬lata att sin munn over meg! Svar meg, Herre, ¬god og trufast som du er, vend deg til meg ¬i di store miskunn! Løyn ikkje andletet ¬for din tenar! For eg er i trengsle. Skund deg og svar meg! Kom til meg og fri meg ut, berg meg frå mine fiendar! Du kjenner til ¬korleis eg vert spotta, kva skam og vanære eg ¬må tola; alle mine fiendar veit du om. Deira spott har knust ¬mitt hjarta, det kan ikkje lækjast. Eg vona på medynk, ¬men det var fåfengt, på folk som kan trøysta, ¬men eg fann ingen. Dei hadde gift i maten min, for torsten ¬gav dei meg eddik å drikka. Lat bordet deira verta ei snare og offermåltidet ei felle for dei. Lat augo deira dimmast, så dei ikkje kan sjå! Lat alltid deira hofter skjelva! Renn ut din vreide over dei, lat din brennande harme nå dei! Lat leiren deira verta aud, så ingen bur i deira telt. For dei forfylgjer ¬den du har slege, og aukar pinsla åt den ¬du har gjennomstunge. Legg skuld til den skulda ¬dei har, lat dei ikkje få del i di frelse! Lat dei strykast ut ¬or livsens bok og ikkje skrivast opp ¬med dei rettferdige. Men eg er arm og full av liding; Gud, lat di frelse verna meg! Eg vil prisa Guds namn ¬med song og hylla han med takkesong. Det vil Herren heller ha ¬enn offerdyr, enn oksar med horn ¬og klauver. Dei hjelpelause ¬skal sjå det med glede. Gjev de må leva, de som søkjer Gud! For Herren høyrer bøna ¬åt dei fattige, han vanvørder ikkje ¬sine eigne som er fangar. Himmel og jord skal prisa han, havet og alt som rører seg der. For Gud vil frelsa Sion og byggja opp att byane ¬i Juda. Folk skal få bu der ¬og eiga landet. Hans tenarars ætt skal arva det, dei som elskar hans namn, ¬skal bu der. Til korleiaren. Av David. Til påminning. Gud, kom og fri meg ut! Herre, skund deg og ¬hjelp meg! Lat dei som står meg etter livet, verta til spott og spe! Lat dei som ynskjer ulukke ¬over meg, dra seg tilbake med vanære! Dei som ropar spottord, skal snu om med skam. Men lat alle som søkjer deg, fryda og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid få seia: «Stor er Gud!» Eg er hjelpelaus og fattig. Skunda deg til meg, Gud! Du er min hjelpar ¬og bergingsmann, dryg ikkje lenger, Herre! Hjå deg, Herre, søkjer eg livd, lat meg aldri verta til skammar! Fri og frels meg i di rettferd, vend øyra til meg og ¬berga meg! Ver eit fjell som eg kan fly til, ei festning der eg finn frelse! For du er mitt berg og mi borg. Fri meg, Gud, ¬frå handa åt dei gudlause, frå dei som fer ¬med vald og urett! Herre, Gud, du er mi von, frå min ungdom ¬har eg sett mi lit til deg. Frå eg vart fødd, ¬har eg stødd meg til deg, du drog meg fram frå mors liv. Deg vil eg alltid prisa. Eg har vorte ¬som eit under for mange, du er mi trygge tilflukt. Min munn er full av lovsong ¬til deg, eg prisar din herlegdom ¬dagen lang. Støyt meg ikkje bort ¬i min alderdom, forlat meg ikkje ¬når krafta minkar. Mine fiendar talar om meg, dei lurer på meg og samrår seg. Dei seier: «Gud har forlate han. Jag han og grip han! Det er ingen som bergar.» Gud, ver ikkje langt borte ¬frå meg! Skund deg og hjelp meg, ¬min Gud! Lat dei som står meg imot, gå til grunne med skam! Lat dei som vil meg vondt, sveipast i skam og vanære! Men eg er alltid full av von, atter og atter vil eg prisa deg. Kvar dag skal eg fortelja ¬om di rettferd, om dine gjerningar til frelse; eg kjenner ikkje talet på dei. Herre, min Gud, eg vil tala om dine storverk, prisa di rettferd, berre den. Du har lært meg opp, Gud, heilt frå min ungdom, og enno fortel eg ¬om dine under. Forlat meg heller ikkje, Gud, når eg vert gamal og grå! Så skal eg tala ¬om di mektige gjerning til heile den ætt som kjem. Din styrke og di rettferd, Gud, når til himmelen. Du som har gjort så store ting, Herre, kven er som du? Du som lét oss oppleva mange trengsler og ulukker, du vil atter gje oss liv og føra oss opp frå havsens djup under jorda. Gjev meg att mi ære, vend deg til meg og ¬trøysta meg! Så vil eg spela på harpe og prisa din truskap, Gud. Eg vil spela på lyre for deg, du Israels Heilage. Mine lipper skal jubla når eg spelar for deg, mi sjel som du har løyst ut, ¬skal jubla. Ja, heile dagen skal mi tunge tala om di rettferd. For dei som vil meg vondt, har vorte til spott og spe. Av Salomo. Gjev kongen dine domar, ¬Gud, lat kongssonen ¬få rettferd frå deg! Så skal han døma ditt folk ¬med rettferd og dine armingar ¬med lov og rett. Då skal fjella gje folket fred og haugane rettferd. Gjev kongen må hjelpa ¬dei verjelause i folket, så dei får sin rett. Han skal berga dei fattige og knusa valdsmannen. Lat han leva frå ætt til ætt så lenge sol og måne skin. Han skal vera lik regnet som fell på nyslegen eng, lik ei regnskur som væter jorda. I hans dagar skal rettferd gro og lukke og fred råda så lenge månen er til. Lat han styra frå hav til hav, frå Storelva til heimsens endar. Dei som bur i øydemarka, skal bøya seg for han, hans fiendar skal slikka støvet. Kongar frå Tarsis ¬og fjerne strender skal senda skatt til han. Kongane i Saba og Seba skal koma med sine gåver. Han skal alle kongar hylla, han skal alle folkeslag tena. For han bergar ¬den fattige som ropar, armingen ¬som ingen hjelpar har. Han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt dei fattige. Han løyser dei ¬frå tvang og vald, deira liv er dyrt i hans augo. Gjev kongen må leva og få gullet frå Saba! Folk skal alltid be for han og velsigna han dagen lang. Lat det vera slik mengd ¬med korn i landet at det bylgjar over åsane. Lat grøda vera ¬som skogen på Libanon, lat byar bløma og breia seg ¬som graset på marka. Lat namnet hans leva ¬til evig tid, skyta friske skot ¬så lenge sola skin. Alle folk ¬skal velsigna seg med det og prisa han sæl. Lova vere Herren, Israels Gud, han som gjer under, ¬einast han! Hans herlege namn ¬vere evig lova! All jorda er full ¬av hans herlegdom. Amen, amen. * Her endar bønene av David, son til Isai. Ein Asaf-salme. a, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine av hjarta. Men eg heldt på å snåva, mine føter hadde nær glide ut. For eg vart harm ¬på dei hovmodige, då eg såg ¬at det gjekk dei gudlause vel. Dei har ingen plager, dei er friske og godt i hold. Menneskeleg møde ¬er dei frie for, dei vert ikkje plaga som andre. Difor er hovmod ¬deira halsband, valdsferd er kappa ¬dei sveiper seg i. Vondskapen strøymer ¬frå deira indre, deira hjartans tankar ¬trengjer seg fram. Dei spottar ¬og talar i vondskap, ovanfrå trugar dei ¬med trengsle. Dei lyfter munnen ¬mot himmelen, og tunga fer ikring på jorda. Difor vender folk seg til dei, og mykje vatn syg dei i seg. Dei seier: «Korleis skulle Gud ¬vita om det? Har Den Høgste ¬kjennskap til noko?» Ja, så er dei gudlause som støtt er trygge ¬og aukar sin rikdom. Fåfengt har eg halde ¬hjarta reint og vaska mine hender ¬til teikn på uskyld. Endå vart eg plaga heile dagen, kvar morgon vart eg tukta. Hadde eg sagt: ¬«Såleis vil eg tala», då hadde eg svike ¬dine søners ætt. Så tenkte eg etter, ¬ville skjøna dette; mødesamt var det for meg – til dess eg gjekk inn ¬i Guds heilagdom; då skjøna eg ¬korleis det går dei til sist. Ja, på håle vegar fører du dei, du lèt dei falla og gå til grunne. Å, kor brått dei går til grunne, dei vert rivne bort ¬og endar i redsle. Liksom vi vanvørder ein draum når vi vaknar om morgonen, såleis vanvørder du synet ¬av dei når du reiser deg, Herre. Så lenge eg var beisk i hugen, og kjende at det stakk i hjarta, var eg dum og uvitug, som eit fe var eg imot deg. Men eg vert alltid verande ¬hjå deg, du har gripe mi høgre hand. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du meg opp ¬i herlegdom. Kven har eg elles ¬i himmelen? Når eg berre har deg, har eg ikkje hug ¬til noko på jorda. Om kropp og sjel forgår, er Gud for evig ¬mitt berg og min del. Sjå, dei som held seg ¬borte frå deg, går til grunne, du gjer ende på alle ¬som er utrue mot deg. Men for meg er det godt ¬å vera nær Gud. Eg tek mi tilflukt til Herren. Eg vil vitna ¬om alle dine gjerningar. Ein læresalme av Asaf. Gud, kvifor har du støytt oss ¬bort for alltid? Kvifor ryk din vreide ¬mot den hjord du gjæter? Kom i hug det folk du vann deg i gamal tid, di eiga ætt som du fria ut. Tenk på Sion-fjellet, ¬der du har din bustad. Stig opp til dei gamle ruinar! I heilagdomen ¬har fienden øydelagt alt. I huset der folket ditt samlast, lydde brølet ¬frå dine motstandarar; der sette dei sine faner ¬som sigersteikn. Det var eit syn som når ein lyfter ¬øksar i tjukke skogen. Så slo dei sund ¬all treskurden der med bile og brekkjern. Dei sette eld på din heilagdom, heilt til grunnen vanhelga dei staden der ditt namn bur. Dei tenkte: ¬«Vi gjer dei alle til trælar!» Kvart gudshus i landet ¬brende dei. Vi ser ikkje våre eigne faner. Det finst ikkje lenger ¬nokon profet, og det finst ingen hjå oss ¬som veit kor lenge dette skal vara. Kor lenge, Gud, ¬skal dei driva sin spott, dei som står deg imot? Skal fienden for alltid få vanvørda ditt namn? Kvifor held du handa di att? Ta di høgre hand frå barmen, og gjer slutt på dette! Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid, du som gjer frelsesverk ¬på jorda. Du kløyvde havet i ditt velde og krasa hovuda ¬åt drakane i vatnet. Du slo sund hovuda ¬åt Leviatan og gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka. Kjelde og bekk ¬lét du strøyma fram, du turka ut elvar ¬som alltid har vatn. Din er dagen, og di er natta; du sette sol og måne ¬på plass. Du fastsette alle grenser ¬på jorda, sommar og vinter ¬er det du som har skapt. Herre, kom dette i hug når fienden driv sin spott, og eit folk av dårar ¬vanvørder ditt namn. Gjev ikkje di turteldue ¬til villdyr, gløym aldri dine armingars liv! Kom i hug di pakt med oss! For kvar avkrok i landet ¬er full av valdsferd. Lat ikkje dei trælka ¬gå bort med skam, lat dei arme og fattige ¬prisa ditt namn! Reis deg, Gud, og før di sak! Kom i hug at du dagen lang ¬vert spotta av dårar! Gløym ikkje ropet ¬åt dine fiendar, ståket som alltid stig opp frå dei som står deg imot. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein Asaf-salme. Ein song. Gud, vi prisar og takkar deg. Ditt namn er nær hjå dei som fortel om dine under. «På den tid eg har fastsett, skal eg halda rettferdig dom. Jorda og alle som bur der, ¬kan rikkast, men eg har gjort ¬hennar søyler faste.» Eg sa til dårane: ¬«Ver ikkje dumme!» og til dei gudlause: ¬«Ver ikkje stolte! Briska dykk ikkje ¬av dykkar makt, gjer ikkje nakken bratt ¬og talen frekk!» For det kjem inga oppreising ¬frå aust eller vest og heller ikkje frå øydemarka. Nei, det er Gud som dømer. Éin bøyer han ned, ¬og éin reiser han opp. Herren har eit staup i si hand med skummande, krydda vin. Han skjenkjer i av vinen, og alle vonde på jorda ¬må drikka, jamvel botnfallet må dei tøma. Men eg vil alltid fortelja ¬om dette og spela og syngja ¬for Jakobs Gud. «Eg tek makta ¬frå alle dei gudlause, men dei rettferdige ¬skal få stor kraft.» Til korleiaren. Med strengespel. Ein Asaf-salme. Ein song. Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel. I Salem er hans hytte reist, på Sion står hans bustad. Der braut han sund ¬dei lynande piler, krigens våpen, ¬skjold og sverd. Strålande er du, herlegare enn dei ¬eldgamle fjell. Modige menn vart plyndra, og dei sovna inn. Hendene svikta ¬kvar stridsmann. Ved dine trugsmål, ¬Jakobs Gud, fall hest og krigar i dvale. Ageleg er du, Gud. Kven kan stå seg for ditt åsyn når du vert vreid? Du kunngjer din dom ¬frå himmelen. Jorda vert mållaus av redsle når Gud står opp for å døma og frelsa ¬alle armingar på jord. Jamvel manns harme ¬vert til lovsong for deg; harmen endar med høgtid. Gjev lovnader til Herren ¬dykkar Gud, og lat han få det de har lova! Folk skal koma frå alle kantar med gåver til den agelege Gud. Han bøyer dei stolte fyrstar, og kongane på jord ¬må ottast han. Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein Asaf-salme. Eg ropar til Gud, ja, eg ropar til Gud, ¬og han høyrer meg. Den dagen eg er i naud, ¬søkjer eg Herren. Om natta retter eg ut mi hand, og ho trøytnar ikkje. Mi sjel lèt seg ikkje trøysta. Eg tenkjer på Gud og sukkar; eg gruvlar ¬og kjenner meg kraftlaus. Heile natta held du meg vaken; eg er så uroleg, ¬eg kan ikkje tala. Eg tenkjer på gamle dagar og minnest framfarne år. Om natta strevar eg ¬med tankar, eg gruvlar, mi ånd granskar. Vil Herren støyta oss bort ¬for alltid og aldri visa sin godvilje meir? Er hans truskap for evig slutt, har ordet hans stilna ¬for alle ætter? Kan Gud ha gløymt ¬å vera nådig, er han vreid ¬og held att si miskunn? Eg seier: «Det piner meg at Den Høgste har drege til seg ¬si hand. Eg minnest Herrens ¬gjerningar, minnest dei under ¬du gjorde før. Eg tenkjer på kvar dåd ¬du gjorde, og grundar på dine storverk. Gud, i heilagdom går du fram. Kvar er ein gud ¬så stor som Herren? Du er den Gud som gjer under, mellom folka har du synt ¬di kraft. Med velde løyste du ut ¬ditt folk, sønene åt Jakob og Josef. Vatnet såg deg, Gud; vatnet såg deg og skalv, ja, havdjupet skalv av redsle. Regnet strøymde frå skyene, tora dunde ¬frå skykledd himmel, og lyna fór av stad som piler. Du lét tora rulla som vognhjul, lyna lyste opp jordkrinsen; jorda riste og skalv. Din veg ¬gjekk midt gjennom sjøen, din stig gjennom veldig vatn; men ingen kjende dine fotspor. Du førte ditt folk som ei hjord ved handa åt Moses og Aron. Ein læresalme av Asaf. Lyd, mitt folk, på mi lære, vend øyra til orda ¬frå min munn! Eg vil opna munnen ¬og tala i bilete, bera fram gåtefull tale ¬frå gamal tid. Det vi har høyrt og kjenner til, det våre fedrar har fortalt oss, det døl vi ikkje for deira born. Vi vil fortelja til ætta som kjem, om Herrens herlege verk ¬og hans velde, om alle dei under han har gjort. Han gav sine bod i Jakob og sette ei lov i Israel. Den baud han våre fedrar å gjera kjend for sine born. Han ville at den komande ætt, dei born som sidan vart fødde, skulle læra lova å kjenna. Så skulle dei stå fram og kunngjera henne ¬for sine born, for at 'dei' kunne setja si lit ¬til Gud og ikkje gløyma ¬Guds gjerningar, men nøye halda hans bod. Dei skulle ikkje verta ¬som sine fedrar, ei tverr og trassig ætt, ei ætt som ikkje var fast i hug og ikkje var trufast ¬mot Gud i si ånd. Efraims søner, ¬væpna med bogar, tok ut og rømde ¬på stridens dag. Dei heldt seg ikkje ¬til Guds pakt og nekta å fylgja hans lov. Dei gløymde ¬hans store gjerningar og dei under ¬han hadde late dei sjå. Han gjorde under ¬for deira fedrar på Soan-marka i Egypt. Han kløyvde sjøen ¬og førte dei over, medan han lét vatnet stå ¬som ein voll. Om dagen leidde han dei ¬i ei sky, og kvar natt i ein lysande eld. Han kløyvde fjell i øydemarka og gav dei vatn å drikka, rikeleg som frå havsens djup ¬under jorda. Han lét bekker strøyma ¬fram or berget og vatnet renna som elvar. Men dei heldt ikkje opp ¬med å synda mot han, dei trassa Den Høgste ¬i øydemarka. Med vitende og vilje ¬sette dei Gud på prøve då dei kravde mat ¬etter eiga lyst. Dei tala imot han og sa: «Kan Gud duka bord ¬i øydemarka? Han slo på berget ¬så vatnet rann, og bekkene fløymde fram. Men kan han òg gje oss brød og syta for kjøt til sitt folk?» Då Herren høyrde det, ¬vart han harm. Ein eld braut ut mot Jakob, Guds vreide loga mot Israel, fordi dei ikkje trudde på Gud og ikkje leit på hans frelse. Så gav han skyene påbod og opna dørene til himmelen; han lét manna regna ¬til føde for dei, gav dei korn frå himmelen. Englebrød fekk menneska eta; Gud sende mat, ¬og dei vart mette. Han lét austavinden blåsa ¬frå himmelen, dreiv sønnavinden fram ¬med si kraft. Han lét kjøt regna ned til dei ¬som støv, flygande fuglar ¬som havsens sand. Midt i leiren lét han dei falla, rundt ikring deira bustader. Dei åt, og alle vart mette; han sende dei ¬det dei kravde. Men før dei hadde ¬stetta trongen, då dei endå hadde mat ¬i munnen, loga Guds vreide opp imot dei. Han drap dei sterkaste ¬mellom dei, slo Israels unge stridsmenn ¬til jorda. Likevel heldt dei fram ¬med å synda og trudde ikkje på hans under. Så lét han deira dagar ¬kverva som ein pust, deira leveår enda med redsle. Når han drap nokon, ¬søkte dei han, då vende dei om ¬og spurde etter Gud. Dei kom i hug ¬at Gud er deira berg, at Den Høgste Gud ¬er deira utløysar. Likevel narra dei han ¬med sine ord og laug for han med si tunge. I sitt hjarta ¬heldt dei ikkje fast ved han, dei var ikkje trugne ¬mot hans pakt. Men han var miskunnsam; han tilgav synda ¬og tynte dei ikkje. Gong på gong heldt han att ¬sin vreide og lét ikkje all sin harme ¬bryta fram. Han kom i hug ¬at dei berre var menneske, ein vindpust ¬som fer av stad og vert borte. Men dei trassa han ofte ¬i øydemarka og gjorde han sorg i audna. Atter og atter ¬sette dei Gud på prøve og krenkte Israels Heilage. Dei hugsa ikkje ¬at han greip inn den dagen han fria dei ¬frå fienden, då han viste sine teikn i Egypt, sine under på Soan-marka. Han gjorde elvane der til blod, ingen kunne drikka ¬or bekkene. Han sende imot dei klegg ¬som beit, og frosk som herja mellom dei. Han gav deira avling ¬til gnagaren, deira grøde ¬til grashoppesvermen. Han øydela vintrea deira ¬med hagl og morbærtrea med rimfrost. Han lét sjukdom koma på feet, sende pest ¬over buskapen deira. Han sende mot dei ¬sin brennande harme, vreide og ilske og naud, ei sendeferd av ulukke-englar. Han gav rom for sin vreide og sparte dei ikkje for døden, men gav deira liv til pesten. Han slo alle fyrstefødde ¬i Egypt, den beste kraft i hamittartelta. Så lét han sitt folk ta ut ¬som sauer, som ei hjord i øydemarka ¬førte han dei. Han leidde dei trygt, ¬og dei reddast ikkje, sjøen løynde deira fiendar. Han førte dei ¬til sitt heilage land, til fjellet han vann ¬med si høgre hand. Andre folk dreiv han bort ¬for dei; han skifte ut deira land ¬som ein arv og lét Israels ætter ¬bu i deira telt. Men dei eggja og trassa ¬Den Høgste Gud og retta seg ikkje ¬etter hans påbod. Dei fall frå og var trulause ¬som sine fedrar, dei sveik, ¬lik ein boge som slaknar. Dei krenkte han ¬med sine offerhaugar, med avgudsbilete eggja ¬dei han. Gud høyrde det og vart harm, han vraka Israel heilt og fullt. Han gav opp sin bustad i Sjilo, det teltet han budde i ¬mellom menneske. Si makt lét han førast bort ¬som hærfang, sin herlegdom gav han ¬i fiendehand. Han gav sitt eige folk ¬til sverdet, for han var harm på folket. Elden øydde ¬dei unge stridsmenn, jentene fekk ingen ¬bryllaupssong. Prestane i folket fall for sverd, og enkjene fekk ikkje halda ¬syrgjehøgtid. Då vakna Herren ¬som or ein svevn, lik ein stridsmann ¬som vaknar or rusen. Han slo sine motstandarar ¬tilbake og førte evig skam over dei. Han støytte bort Josefs telt og valde ikkje Efraims-ætta. Men Juda-ætta valde han ut og Sion-fjellet, som han elskar. Han bygde sin heilagdom ¬himmelhøg, og grunnla han for alltid ¬liksom jorda. Han valde ut David, sin tenar, og henta han frå sauekvea. Han tok han bort ¬frå lamsauene og sette han til hyrding ¬for Jakob, sitt folk, for Israel, sin eigedom. Og David gjætte dei ¬med ærleg hjarta, han leidde dei ¬med kunnig hand. Ein Asaf-salme. Framande folk har trengt seg inn i ditt arveland, Gud. Dei har gjort ¬ditt heilage tempel ureint og lagt Jerusalem i røys. Dei har gjeve lika ¬av dine tenarar til føde for fuglane ¬under himmelen, og kjøtet av dine trugne til villdyra på marka. Dei har rent ut deira blod ¬som vatn rundt ikring Jerusalem, og det er ingen ¬som gravlegg dei. Vi har vorte til hån ¬for grannane våre, til spott og spe ¬for folka ikring oss. Kor lenge, Herre? Vil du vera harm for alltid? Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld? Renn din vreide ut ¬over framande folk, som ikkje kjenner deg, renn han ut over kongerike, der ingen kallar på ditt namn. For dei har gjort ende på Jakob og lagt hans bustad i øyde. Tilrekna oss ikkje dei synder som våre fedrar gjorde. Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn! For no er det ille med oss! Hjelp oss, Gud, du som er vår frelsar, så ditt namn kan verta æra. Fri oss ut for ditt namn skuld, og tilgjev våre synder! Kvifor skal folka seia: «Kvar er deira Gud?» Gjer det kjent mellom folka, og lat oss få sjå at du tek hemn for det utrende blodet ¬av dine tenarar. Høyr korleis fangane sukkar! Løys med din veldige arm dei som er vigde til døden! Lat våre grannar ¬få sju gonger att fordi dei har spotta deg, Herre. Men vi, ditt folk, ¬den hjord du gjæter, vil lovsyngja deg til evig tid, forkynna din pris ¬frå ætt til ætt. Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme. Høyr oss, Israels hyrding, du som fører Josef som ¬ei hjord! Du som tronar over kjerubane, vis deg i stråleglans for Efraim, Benjamin ¬og Manasse! Vekk di kraft ¬og kom oss til hjelp! Reis oss opp att, Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste! Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du la ¬din vreide ryka mot folket ditt som bed til deg? Gråt er brødet du gjev dei ¬å eta, og tårer må dei drikka ¬i fullt mål. Du lèt våre grannar stridast ¬om oss, og fiendane spottar oss. Reis oss opp att, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste! Eit vintre reiv du opp i Egypt, du dreiv folkeslag ut ¬og planta det. Du rudde grunnen for det, så det røtte seg og fylte landet. Skuggen av det gøymde fjell, greinene løynde ¬mektige sedrar. Det tøygde rankene ut til havet og renningane heilt ¬til Storelva. Kvifor har du rive ned gjerdet ¬kring treet, så alle som går framom, ¬kan plukka, så villsvin frå skogen ¬kan gnaga på det, og krypet på marka ¬kan eta av det? Vend deg hit att, Allhærs Gud, skoda ned frå himmelen og sjå! Ta deg av dette vintreet, verna om det ¬som du har planta med di høgre hand, – sonen som du har gjeve ¬styrke! Dei som brende opp treet ¬lik avfall, skal gå til grunne ¬for ditt trugsmål. Hald di vernande hand ¬over han som er ved di høgre side, over mennesket ¬som du har gjeve styrke. Så vil vi aldri vika frå deg. Gjev oss liv, ¬så vil vi kalla på deg! Reis oss opp att, ¬Herre, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste! Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf. Rop av fryd for Gud, ¬vår styrke, lat hyllingsrop ljoma ¬for Jakobs Gud! Lat songen stiga ¬og handtrommer lyda til fagre tonar ¬frå lyre og harpe! Blås i horn på nymånedagen og ved fullmåne, ¬på vår høgtidsdag. For det er ei føresegn i Israel, eit påbod frå Jakobs Gud, ei lov som han gav til Josefs ætt då ho drog ut or Egypt. Eg høyrer ei ukjend røyst: Eg fria hans aksel for børa, hans hender slapp fri ¬frå berekorga. Du ropa i di naud, ¬og eg berga deg; eg svara deg, løynd i toreskya, og prøvde deg ¬ved Meriba-vatnet. Høyr, mitt folk, ¬eg formanar deg! Israel, gjev du ville høyra ¬på meg! Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud, du skal ikkje tilbe andre gudar! Eg er Herren din Gud, som førte deg opp frå Egypt. Lat munnen opp, ¬så fyller eg han! Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg, Israel ville ikkje lyda meg. Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var; og dei fylgde sine eigne planar. Gjev mitt folk ¬ville høyra på meg, gjev Israel ¬ville gå på mine vegar! Snart skulle eg kua ¬deira fiendar og retta mi hand ¬mot deira motstandarar. Dei som hatar Herren, ¬må krypa for han, deira ulukketid skal alltid vara. Men deg vil eg fø ¬med den beste kveite og metta med honning frå fjell. Ein Asaf-salme. Gud står fram i gudelyden, mellom gudar held han dom: Kor lenge vil de fella urett dom og halda med ¬dei ugudelege? Hjelp småkårsfolk og farlause ¬til deira rett, frikjenn dei arme og ¬trengande, berga småkårsfolk og fattige, og fri dei ut or nidingars hand! Dei har korkje vit eller skjøn, dei ferdast ikring i mørker, heile grunnvollen ¬under jorda ragar. Eg har sagt: «De er gudar, søner åt Den Høgste er de alle. Men som menneske ¬skal de døy, som ein av fyrstane ¬skal de falla.» Reis deg, Gud, ¬og hald dom på jorda, for alle folkeslag ¬er din eigedom. Ein song. Ein Asaf-salme. Gud, hald deg ikkje i ro, ver ikkje still og tagal, Gud! For sjå, dine fiendar er ¬i opprør, dei som hatar deg, ¬lyfter hovudet. Dei legg lumske planar ¬mot ditt folk, dei held samråd ¬mot dei du vernar: «Kom, lat oss sletta dei ut ¬som folk, så ingen meir ¬kjem Israels namn i hug!» Dei held råd og vert samde, så gjer dei samband mot deg: dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt, moabittane og hagrittane, Gebal, Ammon og Amalek, filistarane og dei som bur ¬i Tyrus; jamvel Assur går i lag med dei og låner sin arm ¬til Lots søner. Gjer med dei som med Midjan, med Sisera og Jabin ¬ved Kisjon-bekken. Dei fekk si endelykt ¬ved En-Dor og vart til gjødsel på marka. Lat det gå deira stormenn ¬som Oreb og Se’eb og alle deira fyrstar ¬som Sebah og Salmunna! For dei seier: «Vi vil ta Guds bustader ¬i eige.» Min Gud, lat dei verta ¬lik ein kvervlande tistel, lik halmstrå som fyk ¬for vinden. Som elden brenner opp ¬ein skog og logane set fjell i brann, så må du jaga dei ¬med ditt uver og skræma dei med din storm. Lat deira andlet raudna ¬av skam, så dei spør etter ditt namn, ¬Herre. Lat dei skjemmast ¬og skræmast for alltid, lat dei verta vanæra ¬og gå til grunne! Gjev dei må skjøna ¬at einast du, du som ber namnet Herren, er Den Høgste over all jorda. Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme. Kor elskelege dine bustader er, Herre, Allhærs Gud! Mi sjel lengta, ¬ja brann av lengsle, etter Herrens tempelgardar. No jublar hjarta og kropp mot den levande Gud. Ja, fuglen har funne ein heim, svala har fått seg eit reir, der ho kan leggja sine ungar, ved dine altar, Herre, ¬Allhærs Gud, min konge og min Gud. Sæle er dei som bur i ditt hus, dei skal alltid lova deg. Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter ¬å fara opp til templet. Når dei fer gjennom ¬den turre dalen, gjer dei han til ein kjeldevang; haustregnet legg si signing ¬over han. Dei går frå kraft til kraft, til dei stig fram for Gud ¬på Sion. Høyr mi bøn, Herre, ¬Allhærs Gud, lyd etter, du Jakobs Gud! Gud, vårt skjold, ¬vend augo hit, og sjå på han som du har salva! Ja, éin dag i dine tempelgardar er betre enn tusen andre. Å stå ved dørstokken ¬til Guds hus er betre enn å bu ¬i telt med gudlause. For Herren vår Gud ¬er sol og skjold, Herren gjev nåde og ære. Den som er ærleg i si ferd, nektar han ikkje noko godt. Herre, Allhærs Gud, sæl er den ¬som set si lit til deg. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme. Du har vist nåde ¬mot landet ditt, Herre, Jakobs lagnad har du vendt. Du tok bort skulda åt folket ditt og tilgav alle deira synder. All din harme tok du tilbake, din brennande vreide ¬lét du fara. Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar, vend din uvilje bort frå oss! Vil du vera harm på oss ¬for alltid og la vreiden vara ¬frå ætt til ætt? Vil ikkje du gje oss liv på nytt, så ditt folk kan gleda seg i deg? Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre, og gjev oss di frelse! Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier. For han talar fred ¬til sitt folk, til sine trugne, – berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap! Ja, hans frelse er nær for dei som ottast han; hans herlegdom ¬skal bu i vårt land. Godleik og sanning ¬skal møta kvarandre, rettferd og fred ¬kyssa kvarandre. Truskap skal gro opp or jorda og rettferd sjå ned ¬frå himmelen. Då gjev Herren det ¬som godt er, og landet vårt ber si grøde. Rettferd går framføre han, og frelse fylgjer i hans fotefar. Ei bøn av David. Vend øyra til og svar meg, ¬Herre, for eg er hjelpelaus og fattig! Vakta meg, for eg held di pakt. Frels din tenar, du min Gud! Eg set mi lit til deg. Ver meg nådig, Herre, for heile dagen ropar eg til deg. Gjer din tenar inderleg glad! Herre, eg lyfter mi sjel til deg. For du er god og tilgjev gjerne, Herre, stor er den miskunn du viser mot alle ¬som kallar på deg. Herre, vend øyra til mi bøn, lyd etter når eg tryglar og bed! Den dag eg er i naud, ¬ropar eg til deg, for du vil bønhøyra meg. Herre, mellom gudar ¬er ingen som du, og ingen gjerningar er ¬som dine. Alle folk som du har skapt, skal koma ¬og bøya seg for deg, Herre, og æra ditt namn. For du er stor, ¬og du gjer under. Einast du er Gud. Herre, lær meg din veg, så eg kan ferdast ¬i di sanning! Gjev meg eit udelt hjarta, så eg kan ottast ditt namn! Eg takkar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta; min Gud, eg vil evig æra ¬ditt namn. For din truskap mot meg ¬er stor, frå det djupe dødsriket ¬har du fria meg ut. Frekke menn ¬reiser seg mot meg, Gud, ein flokk av valdsmenn ¬står meg etter livet. Dei har ikkje deg for auga. Men du, Herre Gud, ¬er mild og nådig, langmodig og rik ¬på miskunn og truskap. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig! Gjev din tenar kraft frå deg, og berga son ¬til di tenestkvinne! Gjev meg eit teikn ¬som varslar godt! Lat dei som hatar meg, ¬sjå det og skjemmast! For du, Herre, ¬hjelper og trøystar meg. Av Korah-songarane. Ein salme. Ein song. Byen er grunnlagd ¬på heilage fjell. Herren elskar Sion mest av alle Jakobs bustader. Herlege ting er sagde om deg, du Guds by. Eg reknar Egypt og Babylonia mellom dei som kjenner meg. Om dei som bur i Filistarland, ¬Tyrus og Nubia, heiter det: «Dei er fødde der.» Men om Sion skal det seiast: «Der er alle fødde.» Den Høgste sjølv ¬har grunnfest byen. Når Herren skriv opp folka, tel han og seier: «Her er denne fødd.» Så syng dei og dansar og seier: «Alle mine kjelder er i deg.» Ein song. Ein salme av Korah- songarane. Til korleiaren. Til å syngja etter «Mahalat». Ein læresalme av Heman, som høyrde Esrah-ætta til. Herre, du Gud ¬som er min frelsar, eg ropar til deg dag og natt. Lat mi bøn koma fram for deg, vend øyra til mitt klagerop! Mi sjel er mett av ulukker, mitt liv er kome dødsriket nær. Eg vert rekna til dei ¬som steig ned i grava, eg er som ein mann utan kraft. Eg er som ein død ¬mellom døde, lik falne som ligg i si grav; du kjem dei ikkje meir i hug, skilde som dei er frå di hand. Du har lagt meg ¬i grava der nede, i den mørke, djupe avgrunn. Din harme kviler tungt på meg du lèt dine brotsjøar ¬slå over meg. Du har teke mine kjenningar ¬frå meg og gjort det så ¬at dei avskyr meg. Eg er innestengd ¬og kjem ikkje ut, mitt auga sløvest av plager. Herre, eg ropar dagleg til deg og retter hendene ut mot deg. Gjer du vel under for dei døde, står daudingar opp ¬og prisar deg? Fortel dei om di miskunn ¬i grava, om din truskap i dødsriket? Vert dine under kjende ¬i mørkret, di rettferd i gløymslelandet? Men eg, Herre, ropar til deg, om morgonen kjem mi bøn ¬imot deg. Kvifor støyter du meg bort ¬frå deg, Herre, kvifor løyner du ditt andlet ¬for meg? Eg er elendig, ja døden nær, og det har eg vore ¬frå ungdomen av; rådvill ber eg dine redsler. Din brennande harme ¬slår over meg, dine redsler gjer ende på meg. Heile dagen ¬er dei ikring meg som vatn, alle saman omringar meg. Du har teke vener ¬og frendar ifrå meg, og mine kjenningar ¬held du borte. Ein læresalme av Etan, som høyrde Esrah-ætta til. Eg vil alltid syngja ¬om dei gjerningar som Herren i sin nåde ¬har gjort. Eg vil forkynna din truskap ¬frå ætt til ætt. Eg seier: Di miskunn ¬er bygd opp for evig, din truskap står fast ¬i himmelen. «Eg gjorde ei pakt ¬med min utvalde, gav David, min tenar, ¬ein heilag lovnad: Di ætt vil eg halda oppe ¬til evig tid; eg vil byggja ¬din kongsstol ¬frå ætt til ætt.» Himmelen prisar dine under, ¬Herre, dei heilage som er samla, ¬lovsyng din truskap. For kven i det høge ¬kan liknast med Herren, kven er som Herren ¬mellom gudesøner? Det står age av Gud ¬i rådet åt dei heilage, han er stor og ageleg ¬for alle ikring han. Kven er som du, ¬Herre, Allhærs Gud? Mektig er du Herre, og truskap har du ¬ikring deg. Du råder over ¬det stolte havet; når bylgjene reiser seg, ¬stiller du dei. Du knuste Rahab ¬som ein fallen krigar, dine fiendar spreidde du ¬med din sterke arm. Din er himmelen, ¬og di er jorda; du har grunnlagt verda ¬og alt det som fyller henne. Nordheimen og sørheimen, ¬du har skapt dei, Tabor og Hermon ¬jublar over ditt namn. Du har ein arm ¬med veldig kraft, sterk er di hand, ¬di høgre er lyft. Rett og rettferd er grunnvoll ¬for din kongsstol, miskunn og truskap ¬går føre deg. Sælt er det folket ¬som kjenner hyllingsropet og ferdast i ljoset ¬frå ditt åsyn, Herre. All dagen jublar dei ¬over ditt namn, ved di rettferd vert dei lyfte. For du er vår herlege styrke, i din godhug gjev du oss kraft. Vårt skjold er vigt til Herren, vår konge til Israels Heilage. Ein gong tala du i eit syn til dei som var true ¬mot di pakt: «Eg har sett krona på ein helt, reist opp ein utvald krigar ¬av folket. David, min tenar, fann eg, med heilag olje salva eg han. Mi hand skal halda han oppe, min arm skal gje han styrke. Fiendar skal ikkje lura han, nidingar skal ikkje kua han. Hans motstandarar ¬knuser eg framfor han, dei som hatar han, slår eg ned. Trufast og god ¬vil eg vera mot han, i mitt namn ¬skal krafta hans auka. Eg lèt hans velde nå til havet, hans makt til elvane i aust. Han skal ropa til meg: ¬Du er min far, min Gud og mitt ¬frelsande berg! Ja, eg gjer han ¬til min fyrstefødde, til den høgste ¬mellom kongane på jord. Eg held evig fast ¬på min truskap mot han, mi pakt med han ¬skal stå ved lag. Hans ætt vil eg alltid ¬halda oppe, hans kongsstol så lenge ¬himmelen er til. Dersom hans søner ¬går bort frå mi lov og ikkje ferdast etter mine bod, dersom dei vanvørder ¬mine føresegner og ikkje held mine påbod, då straffar eg dei ¬med ris for deira brot, med slag for deira misgjerning. Men mi miskunn tek eg ikkje ¬frå han, min truskap sviktar eg ikkje. Eg vil ikkje vanhelga mi pakt og ikkje endra det eg har tala. Ein gong gav eg ¬ein heilag lovnad, og eg vil ikkje lyga for David. Hans ætt skal alltid leva, og hans kongsstol ¬skal stå for mitt åsyn så lenge sola er til. Han skal vara evig som månen, det trufaste vitnet i skya.» Men no har du vraka ¬den du har salva, støytt han bort i din vreide. Du har gjort om inkje ¬pakta med din tenar, vanæra hans krone ¬og trøtt henne i støvet. Du har rive ned alle ¬hans murar og lagt hans borger i grus. Dei plyndrar han, ¬alle som fer framom, han har vorte til spott ¬for sine grannar. Du har gjeve ¬hans fiendar styrke og gjort alle ¬hans motstandarar glade. Ja, hans kvasse sverd ¬har du late vika, du heldt han ikkje oppe ¬i striden. Du har gjort ende på hans glans og velt hans kongsstol til jorda. Du har forkorta ¬hans ungdoms dagar og sveipt han i skam. Kor lenge, Herre? Vil du løyna deg for alltid? Kor lenge skal din harme ¬loga som eld? Kom i hug ¬kor kort mi levetid er! Kor forgjengelege dei er, alle menneske ¬som du har skapt! Kvar finst den mannen ¬som ikkje må døy, som kan berga seg ¬frå helheims vald? Kvar vert det av dei gjerningar, ¬Herre, som du før har vist oss ¬i din nåde, og som du med eid lova David i din truskap? Herre, kom i hug ¬din tenars vanære! Spott frå folka må eg tola. For dine fiendar spottar, Herre, dei spottar din salvevigde, ¬kvar han går. * Lova vere Herren til evig tid! ¬Amen, amen. Ei bøn av gudsmannen Moses. Herre, du har vore ein bustad for oss frå ætt til ætt. Før fjella vart fødde, før jorda og verda vart til, ja, frå æve til æve er du, Gud. Du lèt mennesket verta ¬til støv att og seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!» For tusen år er i dine augo som dagen i går ¬då han fór framom, eller som ei nattevakt. Du riv menneska bort, dei er som ein svevn. Om morgonen er dei ¬som groande graset: Om morgonen gror det ¬og blømer, om kvelden er det vise og turt. Vi går til grunne ¬ved din vreide, redsle grip oss ved din harme. Våre misgjerningar ¬har du for auga, vår løynde synd vert synleg i ljoset frå ditt åsyn. Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide, åra går som ein pust. Vår levetid er sytti år, og åtti år, når styrken er stor. Deira herlegdom er strev ¬og møde; snart er det slutt, ¬vi flyr av stad. Kven kjenner styrken ¬i din vreide, kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme? Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta! Kom attende, Herre! ¬Kor lenge? Ha medynk med dine tenarar! Metta oss med miskunn ¬når morgonen renn, så vi kan gleda og fagna oss ¬alle våre dagar. Gled oss så lenge ¬som du har audmykt oss, like mange år ¬som vi har lide vondt. Lat dine tenarar få sjå ¬di gjerning, og vis din herlegdom ¬for deira born! Gjev Herrens velvilje ¬må vera over oss! Gjev du må fremja ¬våre henders verk, ja, fremja våre henders verk! Den som sit i livd ¬hjå Den Høgste og bur i skuggen ¬av Den Allmektige, han seier til Herren: ¬«Mi livd og borg, min Gud som eg set mi lit til!» Ja, han bergar deg ¬frå jegerens snare, frå pest som tyner. Med sine fjører løyner han deg, under hans venger finn ¬du livd. Hans truskap er skjold og vern. Du skal ikkje reddast ¬for skræmsler om natta, for piler som flyg om dagen, for pest som snikjer seg ¬fram i mørkret, for sott som herjar ¬middagstider. Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, så skal ikkje ulukka nå deg. Du skal berre vera vitne til det og sjå at dei gudlause får si løn. For du seier: ¬«Herren er mi livd.» Den Høgste har du gjort ¬til din bustad. Inkje vondt skal koma over deg og inga plage nå ditt telt. For han skal gje ¬sine englar påbod at dei skal verna deg ¬på alle dine vegar. Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein. På løve og orm skal du trakka, ungløve og orm ¬skal du trø under fot. «Eg bergar han, ¬for han held seg til meg; eg gjev han livd, ¬for han kjenner mitt namn. Når han kallar på meg, ¬svarar eg; eg er med han i naud ¬og trengsle, eg friar han ut og gjev han ære. Eg mettar han ¬med mange dagar og lèt han sjå mi frelse.» Ein salme. Ein song til bruk på sabbatsdagen. Det er godt å lovsyngja Herren og prisa ditt namn, du Høgste, å forkynna di miskunn ¬om morgonen, din truskap om nettene, til tistrengja sitar og harpe, til tonar frå lyra. Med ditt verk har du gledt meg, ¬Herre; eg jublar over det du har gjort. Kor store dine gjerningar er, kor djupe dine tankar, Herre! Ein uvitug mann ¬forstår ikkje dette, dåren skjønar det ikkje. Dei gudlause gror som graset, alle ugjerningsmenner blømer, men dei skal rydjast ut ¬for alltid. Du, Herre, er høg til evig tid. Men dine fiendar, Herre, dei skal gå til grunne, og alle ugjerningsmenner ¬skal spreiast. Du gjev meg kraft ¬som ein villokse og salvar meg ¬med den friskaste olje. Eg får sjå at mine fiendar fell, eg får høyra korleis det går med ugjerningsmenner ¬som reiser seg mot meg. Men dei rettferdige gror ¬som palmer, dei veks som sedrar ¬på Libanon. Dei er planta i Herrens hus og blømer i vår Guds ¬tempelgardar. Enno i sin alderdom ¬ber dei frukt, friske og frodige er dei. Såleis forkynner dei ¬at Herren er rettvis; hjå han, mitt berg, ¬er det ingen urett. Herren er konge, ¬han har kledt seg i høgd, Herren har kledt seg ¬og butt seg med kraft. Jorda står fast, ¬ho kan ikkje rikkast. Fast står din kongsstol ¬frå gamal tid; du er frå æve, Gud. Frå straumane steig det, Herre, frå straumane steig det ¬eit drøn; det steig eit brus ¬frå straumane. Men herlegare ¬enn den veldige vassflaum, herlegare ¬enn havsens brotsjøar, er Herren i det høge. Dine lovbod er pålitelege. Heilagdom skal pryda ditt hus i lange tider, Herre. Herre, du Gud som straffar, stig fram i stråleglans, ¬du straffande Gud! Reis deg, du som dømer jorda, lat dei stolte få att ¬for det dei har gjort! Kor lenge ¬skal dei gudlause jubla, kor lenge skal dei jubla, Herre? Dei talar ein flaum ¬av frekke ord, alle ugjerningsmenner skryter. Dei knuser ditt folk, Herre, og kuar din eigedom. Enkjer og framande ¬slår dei i hel, og farlause myrdar dei. Dei seier: «Herren ser ¬det ikkje, han merkar det ikkje, ¬Jakobs Gud.» De må då skjøna, ¬de uvituge folk! Når skal de få vit, de dårar? Høyrer ikkje han ¬som planta øyra, ser ikkje han som skapte auga? Tuktar ikkje han ¬som fostrar folka, han som gjev menneska vit? Herren kjenner ¬mannsens tankar, han veit at dei er ¬som ein pust. Sæl er den du tuktar, Herre, den du gjev lærdom ved di lov. Så lèt du han få ro og friar han frå vonde dagar, til dess dei gudlause får si grav. Herren vil ikkje støyta bort ¬sitt folk og ikkje svikta sitt arveland. For rett skal atter verta rett, og den skal dei fylgja, alle dei ærlege av hjarta. Kven vil stø meg ¬mot dei vonde og hjelpa meg ¬mot ugjerningsmenner? Om ikkje Herren ¬var min hjelpar, låg eg snart i det stille landet. Om eg må seia: ¬«Min fot er ustø,» så held din truskap meg oppe, ¬Herre. Er mitt hjarta fullt ¬av urolege tankar, så er di trøyst til glede for meg. Er du i pakt med ¬tynings domstol, som i strid med lova ¬skaper ulukke? Dei slår seg saman ¬mot rettvise menn og dømer skuldlause til døden. Men Herren er ei borg for meg, min Gud er fjellet ¬som eg flyr til. Han lèt deira urett ¬råka dei sjølve og rydjar dei ut ¬for deira vondskap. Ja, Herren vår Gud ¬vil rydja dei ut. Kom, lat oss jubla for Herren og ropa høgt ¬for vårt frelsande berg! Lat oss gå fram for han ¬med lovsong og hylla han med song og spel! For Herren er ein mektig Gud, ein stor konge over alle gudar. Han har jord-djupnene ¬i si hand og fjelltoppane i si eige. Havet er hans, ¬for han har skapt det, det faste landet ¬har hans hender forma. Kom, lat oss bøya oss og tilbe, bøya kne for Herren, ¬vår skapar! For han er vår Gud, ¬vi er folket han gjæter, den hjord han leier ¬med si hand. Å, ville de høyra på han i dag! Gjer ikkje hjarto dykkar harde, ¬som ved Meriba, som den dagen ved Massa ¬i øydemarka, då fedrane eggja meg og sette meg på prøve, endå dei såg kva eg gjorde! I førti år hadde eg uvilje ¬mot denne ætta, og eg sa om dei: «Dei er eit folk ¬som fer vilt i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar.» Så svor eg i min vreide: «Dei skal aldri ¬koma inn til mi kvile!» Syng ein ny song for Herren, syng for han, all jorda! Syng for Herren, ¬pris hans namn, forkynn frå dag til dag ¬hans frelse! Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom, mellom alle folk ¬om hans under! Ja, stor og høglova er Herren, meir ageleg enn alle gudar. Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde. Det var Herren ¬som skapte himmelen. Høgd og herlegdom ¬er framføre han, makt og glans i hans tempel. Gjev Herren ære og makt, gjev han ære og makt, ¬de folkeætter! Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha! Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar! Bøy dykk ned for Herren og tilbed han i heilagt skrud! Skjelv for hans åsyn, all jorda! Sei mellom folka: ¬Herren er konge; ja, fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast. Han dømer folka med rettferd. Himmelen skal gleda seg, ¬jorda skal jubla, havet og alt som er i det, ¬skal brusa. Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla, kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd. Dei skal ropa for Herren, ¬han som kjem; han kjem og vil døma jorda. Han skal døma verda ¬med rettferd og folka med truskap. Herren er konge! ¬Jorda skal jubla, øyar og strender ¬skal gleda seg. Sky og skodd er kring han, rett og rettferd er grunnvoll ¬for hans kongsstol. Eld går framfor han og øyder hans fiendar ¬rundt ikring. Hans lynglimt lyser opp ¬jordkrinsen, jorda ser det og skjelv. Fjella brånar som voks ¬for Herren, for han er herre ¬over all jorda. Himmelen forkynner ¬hans rettferd, og alle folka ser ¬hans herlegdom. Til skammar vert alle ¬som dyrkar bilete, som rosar seg ¬av gagnlause gudar. Alle gudar må bøya seg ¬for han. Men Sion høyrer det ¬og gleder seg, byane i Juda jublar, Herre, over dine rettferdige domar. For over all jorda er du den høgste, Herre; høgt er du opphøgd ¬over alle gudar. De som elskar Herren, ¬hata det vonde! Han vernar sine trugne og friar dei frå gudlaus hand. Ljos strålar fram ¬for den rettferdige, og glede for dei ¬som er ærlege av hjarta. Gled dykk i Herren, ¬de rettferdige, og lovsyng hans heilage namn! Ein salme. Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under! Hans høgre hand ¬har gjeve han siger, hans heilage arm ¬har hjelpt han. Herren har gjort si frelse kjend, har vist si rettferd for folkeslag. Han kjem i hug si miskunn og sin truskap mot Israels ætt. Alle folk på jord har sett frelsa frå vår Gud. Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda! Bryt ut i jubel og lovsong! Syng og spel på lyre ¬for Herren, spel på lyre, ¬medan songen ljomar! Lat hyllingsrop lyda ¬for kongen, Herren, til klangen av trompetar ¬og horn! Havet og alt som er i det, ¬skal brusa, jorda og dei som der bur. Elvane skal klappa i hendene, og fjella skal jubla i kor. Dei skal jubla for Herren, for han kjem ¬og vil døma jorda. Han skal døma verda ¬med rettferd og folka med rettvise. Herren er konge, folka bivrar, jorda skjelv for han som tronar over kjerubane. Stor er Herren på Sion, opphøgd er han over alle folk. Dei skal prisa ditt namn som er stort og ageleg. Heilag er Herren. Mektige konge, ¬som elskar rettferd, du har grunnlagt rett ¬og orden. Du gjer rett og rettferd i Jakob. Lovsyng Herren vår Gud, og kast dykk ned ¬for hans fotskammel! Heilag er Herren. Moses og Aron ¬var mellom hans prestar, Samuel mellom dei ¬som kalla på hans namn. Dei ropa til Herren, ¬og han svara; i ein skystolpe ¬tala han til dei. Dei heldt hans påbod ¬og den lov han gav dei. Herre, vår Gud, ¬du gav dei svar. Du var for dei ¬ein Gud som tilgav, men òg ein Gud ¬som straffa dei for deira vonde gjerningar. Lovsyng Herren vår Gud, bøy dykk og tilbed han på hans heilage fjell. For heilag er Herren vår Gud. or heilag er Herren vår Gud. Ein salme til takkofferet. Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda! Ten Herren med glede, kom fram for han med fagnad! Skjøn at Herren er Gud! Han har skapt oss, ¬ikkje vi sjølve, til sitt folk ¬og til den hjord han gjæter. Gå gjennom hans portar ¬med takkesong, inn i hans tempelgardar ¬med lovsong! Lov han og pris hans namn! For Herren er god, ¬hans miskunn er evig, hans truskap varer ¬frå ætt til ætt. Av David. Ein salme. Eg vil syngja om truskap ¬og rett, deg vil eg lovsyngja, Herre. Eg vil gje akt ¬på den fullkomne vegen. Når vil du koma til meg? Med ærleg hjarta vil eg ferdast i mitt hus. På nidingsverk ¬vil eg ikkje tenkja. Eg hatar å bryta lova, slikt skal ikkje hefta ved meg. Alt som er falskt, skal bort frå mitt hjarta! Eg vil ikkje vita av det vonde. Den som baktalar sin neste, han vil eg tyna. Eg kan ikkje tola den som har stolte augo og eit hovmodig hjarta. Eg ser på dei trufaste i landet, dei skal få bu hjå meg. Den som går ¬den fullkomne vegen, han skal tena meg. Men den som fer med svik, skal ikkje få bu i mitt hus. Ingen som talar lygn, skal verta ståande ¬for mine augo. Morgon etter morgon ¬gjer eg ende på alle gudlause i landet, og alle ugjerningsmenner rydjar eg ut or Herrens by. Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren. Herre, høyr mi bøn, lat mitt rop nå fram til deg! Løyn ikkje ditt andlet for meg den dagen eg er i naud. Vend øyra ditt til meg, skund deg og svar ¬når eg ropar! For mine dagar kverv ¬som røyk, mine lemer brenn som eld. Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras, for eg har gløymt ¬å eta mitt brød. Eg sukkar og styn, eg er berre skinn og bein. Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka, er vorten som ugla ¬på aude stader. Eg ligg vaken, eg er som ein einsleg fugl ¬på taket. Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen, dei som gjer narr av meg, brukar mitt namn ¬til forbanning. Eg må eta oske som brød, eg blandar min drikk ¬med tårer, fordi du er harm ¬og vreid på meg; du har då gripe meg ¬og slengt meg bort. Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest, eg visnar bort som gras. Men du, Herre, ¬tronar til evig tid, ditt minne varer frå ætt til ætt. Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion, for no er timen komen, tida då du vil visa nåde. Dine tenarar elskar ¬steinane på Sion og ynkast ¬over grushaugane der. Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre, alle kongane på jorda ¬din herlegdom. For Herren vil byggja opp att ¬Sion og syna seg i sin herlegdom. Han lyder etter ¬når armingar bed, og vanvørder ikkje deira bøn. Dette er skrive ¬for komande ætter, eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren. For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal, frå himmelen ¬skodar han ned på jorda. Han vil høyra ¬når fangane sukkar, og løysa dei ¬som er vigde til døden. Så skal Herrens namn ¬forkynnast på Sion, hans lov og pris i Jerusalem, når folkeslag og kongerike samlar seg og tener Herren. Han har brote mi kraft ¬på vegen og sett ned mitt dagetal. Eg bed: Min Gud, ¬ta meg ikkje bort midt i mi levetid! Frå ætt til ætt er dine år. Du grunnla jorda i gamal tid, og himmelen ¬er eit verk av dine hender. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande. Dei skal alle eldast ¬som ein klednad; du skifter dei ut ¬som klede. Dei vert utskifte, men du er den same, dine år tek aldri ende. Borna åt dine tenarar ¬får bu i fred, deira ætt skal stå trygt ¬for ditt åsyn. Av David. Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn. Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje ¬alle hans velgjerningar! Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom. Han friar ditt liv frå grava og kronar deg ¬med godleik og miskunn. Han fyller ditt liv ¬med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna. Herren grip inn og frelser, lèt alle som er trælka, ¬få sin rett. Han kunngjorde sine vegar ¬for Moses, sine gjerningar for Israels folk. Mild og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn. Han kjem ikkje alltid ¬med klagemål og er ikkje evig harm. Han gjer ikkje med oss ¬etter våre synder og løner oss ikkje ¬etter våre misgjerningar. Så høg som himmelen ¬er over jorda, så stor er Herrens nåde over dei som ottast han. Så langt som aust er frå vest, så langt tek han våre synder ¬bort frå oss. Som ein far er miskunnsam ¬mot borna sine, er Herren miskunnsam mot dei som ottast han. For han veit korleis ¬vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv. Menneskelivet er som graset. Mennesket er som blomen ¬på marka. Når vinden fer framom, ¬er han borte, staden han stod på, ¬veit ikkje meir av han. Frå æve til æve ¬er Herrens miskunn over dei som ottast han. Hans rettferd når ¬til barneborn når fedrane held hans pakt og kjem i hug hans bod, så dei lever etter dei. Herren har reist ¬sin kongsstol i himmelen, han rår som konge ¬over alle ting. Lov Herren, de hans englar, de sterke heltar, ¬som set hans ord i verk, så snart de høyrer hans røyst. Lov Herren, ¬alle hans hærskarar, de hans tenarar, ¬som gjer hans vilje! Lov Herren, ¬heile hans skaparverk, på alle stader der han rår! Mi sjel, lov Herren! Lov Herren, mi sjel! Stor er du, Herre, min Gud! I høgd og herlegdom ¬har du kledt deg, ljoset er kappa du sveiper ¬deg i. Du har spent himmelen ut ¬som ein teltduk og tømra din høgsal i vatnet. Du gjer skyer til di vogn og fer fram ¬på vengene åt vinden. Vindar gjer du til sendebod, eld og logar til dine tenarar. Du grunnla jorda ¬på hennar søyler, aldri i æve skal ho rikkast. Havdjupet gøymde henne ¬som ei kappe, vatnet stod over fjella. Men det flydde ¬for ditt trugsmål, laut røma for ditt toremål. Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar, til staden du hadde fastsett ¬for det. Du sette ei grense ¬det ikkje går over, det skal ikkje gøyma ¬jorda meir. Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane, bekker renn mellom fjella. Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka, der sløkkjer villesla sin torste. Der har fuglane ¬under himmelen reir, dei syng mellom greinene. Du vatnar fjella frå din høgsal, og jorda fyllest ¬med grøda du gjev. Gras lèt du gro for dyra, og for menneska vokstrar ¬som dei kan dyrka. Slik lèt du brødet koma ¬frå jorda – og vinen som gjer ¬menneske glade. Du lèt andletet skina av olje, og gjev brød ¬som styrkjer mennesket. Herrens tre får sløkkja torsten, sedrane på Libanon, ¬som han har planta. I dei byggjer fuglane reir, i sypressen har storken ¬sitt hus. I dei høgaste fjell ¬har steinbukken sin heim, i bergskortene ¬finn grevlingen livd. Du skapte månen ¬til tidarmerke, og sola, ¬som veit når ho skal glada. Du sender mørker, ¬og natta kjem; då krek dei fram, ¬alle dyr i skogen. Unge løver brøler etter rov og krev at Gud skal gje ¬dei føde. Så renn sola, dei smyg seg bort og legg seg til ro i sine holer. Då går mennesket ¬til si gjerning, vil gjera sitt arbeid ¬alt til kvelds. Herre, kor mange ¬dine gjerningar er! Og alle har du gjort dei ¬med visdom; jorda er full av det du ¬har skapt. Der er havet, så stort og vidt, med ei uteljande mengd av små og store dyr. Der går skipa, der er Leviatan, som du har skapt ¬til å leika seg i havet. Alle ventar dei på deg, at du skal gje dei mat i rette tid. Du strøyer ut, ¬og dei kan sanka; du opnar handa og mettar dei med gode gåver. Løyner du ditt andlet, ¬vert dei gripne av redsle; tek du livsanden frå dei, ¬døyr dei og vert atter til jord. Du sender din Ande, ¬og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att. Gjev Herrens ære må vara evig, og Herren gleda seg ¬over sitt verk! Når han ser på jorda, skjelv ho; når han rører fjella, ryk dei. Eg vil syngja for Herren ¬heile mitt liv og prisa min Gud ¬så lenge eg er til. Gjev Herren ¬må ta vel imot mitt kvad, så eg kan gleda meg i han. Lat syndarane kverva frå jorda, lat ingen gudlaus finnast meir! Lov Herren, mi sjel! Halleluja! Pris Herren, ¬og kalla på hans namn, gjer hans storverk kjende ¬mellom folka! Syng for han, og spel for han, tal om alle hans under! Ros dykk av hans ¬heilage namn! Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg. Spør etter Herren og ¬hans makt, søk alltid hans åsyn! Kom i hug dei under ¬han har gjort, hans teikn og domsord, de born av Abraham, ¬hans tenar, Jakobs søner, ¬som han har valt ut. Han er Herren vår Gud, over all jorda rår hans rett. Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid, det ord han gav til tusen ætter, den pakt han gjorde ¬med Abraham, sin dyre lovnad til Isak. Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob, til ei evig pakt for Israel. Han sa: «Deg vil eg gje Kanaan til arv og eige.» Då dei endå var få i landet, ein liten flokk av innflyttarar, vandra dei frå folk til folk, frå det eine riket til det andre. Men han lét ingen få kua dei, han tukta kongar ¬for deira skuld: «Rør ikkje dei som eg har salva, gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!» Han kalla hungersnaud ¬over landet, og kvar brødstav ¬braut han sund. Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei, Josef vart seld til træl. Dei tvinga hans føter i lekkjer, og jern vart lagt ¬om hans hals, heilt til det han sa, slo til, og Herrens ord gav han rett. Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri, folkestyraren sleppte han laus. Han sette han til herre ¬over sitt hus, til styrar over alt det han åtte. Etter sin eigen vilje skulle han rettleia ¬kongens stormenn og læra hans eldste sin visdom. Så kom Israel til Egypt, Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet. Gud lét folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare ¬enn fiendane. Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folk og fór med svik ¬mot hans tenarar. Då sende han Moses, sin tenar, og Aron, som han hadde ¬valt ut. Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket, undergjerningar ¬i hamittarlandet. Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på, trassa dei endå hans ord. Han gjorde vatnet der til blod og lét fisken deira dauda. Det krydde av frosk i landet, jamvel i kongens salar. På Guds påbod kom det klegg og mygg i kvar ei bygd. Han gav dei hagl ¬i staden for regn og sende logande eld ¬i landet; han slo ned deira vintre ¬og fikentre, ja, knuste kvart tre i riket. På hans bod ¬kom ein grashoppesverm og larver i tallaus mengd. Dei åt opp alt ¬som voks i landet, og grøda på marka gnog dei av. Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet, fyrstegrøda av folkets kraft. Så førte han israelittane ut, og dei tok med seg sølv og gull; det var ingen ¬i hans ætter som snåva. I Egypt var det glede ¬då dei drog ut, for folket skalv ¬av redsle for dei. Han breidde ut ei sky til vern og ein eld til å lysa om natta. Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlar og metta dei med himmelbrød. Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram, det rann som ei elv ¬i det turre landet. For han kom i hug ¬sitt heilage ord til Abraham, sin tenar. Så lét han folket dra ut ¬med glede, hans utvalde folk fekk fara ¬med jubel. Han gav dei land ¬som andre folk åtte, dei fekk overta frukta ¬av deira strev, så dei skulle halda ¬hans føresegner og ta vare på hans lover. Halleluja! Halleluja! Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer ¬til evig tid. Kven kan rekna opp ¬Herrens storverk og prisa han for alt ¬han har gjort? Sæle er dei ¬som gjev akt på Guds vilje og alltid gjer det som er rett. Herre, kom meg i hug ¬og lat meg få kjenna den godhug du har ¬for ditt folk. Kom til meg med di frelse, så eg kan sjå kor godt det går ¬dine utvalde, gleda meg med ditt glade folk og prisa meg lukkeleg saman med dei ¬som høyrer deg til. Vi har synda med våre fedrar, vi har bore oss ille åt ¬og levt ugudeleg. Då våre fedrar var i Egypt, gav dei ikkje akt ¬på dine under. Dei tenkte ikkje ¬på alle dine velgjerningar, ved Sevsjøen trassa dei deg. Men han frelste dei ¬for sitt namn skuld, for han ville visa ¬si veldige kraft. Han truga Sevsjøen, ¬så han vart turr; gjennom havdjupet ¬førte han dei som på steppa. Han frelste dei frå uveners vald og fria dei ut or fiendehand. Vatnet gøymde ¬deira motstandarar, ikkje ein av dei vart att. Då trudde dei på hans ord og song ein lovsong ¬til hans pris. Men dei gløymde snart ¬hans verk og venta ikkje på råd frå han. Dei vart fylte med brennande ¬lyst i øydemarka og sette Gud på prøve ¬i det aude landet. Då lét han dei få det ¬dei kravde, men gav dei avsmak på maten. Dei vart harme på Moses ¬i leiren og på Aron, ¬som var vigsla til Herren. Då opna jorda seg, ¬gløypte Datan og gøymde flokken åt Abiram. Det braut ut eld ¬i flokken deira, og logen øydde ¬dei gudlause menn. Ved Horeb laga dei ein kalv og tilbad det støypte biletet. Dei bytte bort si ære i eit bilete av ein okse som et gras. Dei gløymde Gud, sin frelsar, som gjorde storverk i Egypt, undergjerningar ¬i hamittarlandet og skræmelege ting ¬ved Sevsjøen. Han sa at han ville rydja dei ut, men Moses, ¬den mannen han hadde kåra, la seg imellom og hindra at Gud i sin harme ¬gjorde ende på dei. Dei vanvørde det fagre landet og trudde ikkje på hans ord. Misnøgde murra dei i sine telt og høyrde ikkje ¬på Herrens røyst. Då lyfte han handa imot dei, ville slå dei ned i øydemarka, spreia deira ætt ¬mellom andre folk og strøya dei ut kring i landa. Dei tok til å dyrka Ba’al-Peor og åt av offera til dei døde. Dei krenkte Gud med si åtferd, og pest braut ut imellom dei. Då stod Pinhas fram ¬og felte dom, og dermed stogga pesten. Difor vart han rekna ¬for rettferdig frå ætt til ætt i alle tider. Dei harma Gud ¬ved Meriba-kjelda; for deira skuld ¬gjekk det Moses ille. Dei gjorde han beisk i hug, så han tala ¬utan å tenkja seg om. Dei rudde ikkje ut ¬folka i landet, som Herren hadde sagt ¬dei føre, men blanda seg med andre folk og lærte å gjera som dei. Dei dyrka deira avgudsbilete, og dei vart ei snare for dei. Dei ofra sine søner og døtrer til dei vonde åndene. Dei drap uskyldige born. Blodet av sine søner og døtrer ofra dei til Kanaans gudebilete, og landet vart vanhelga ¬med blod. Dei vart ureine ¬ved sine gjerningar, ved si åtferd ¬var dei trulause mot Gud. Då vart Herren brennande ¬harm på sitt folk, han fekk uvilje mot dei ¬som høyrde han til. Han gav dei i hendene ¬på andre folk, dei som hata dei, ¬vart deira herrar. Fiendane plaga dei hardt, under deira hand ¬vart dei tvinga i kne. Mange gonger fria han dei ut; likevel la dei planar i trass og sokk djupt i synd. Men Herren høyrde deira rop og såg til dei i deira naud. Han kom i hug si pakt med dei og ynkast over dei ¬i sin store truskap. Så lét han dei møta miskunn hjå alle som tok dei til fange. Frels oss, Herre, vår Gud, samla oss frå folkeslaga, så vi kan prisa ¬ditt heilage namn og setja vår ære ¬i å lovsyngja deg. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Og heile folket skal seia: ¬Amen! Halleluja! Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer ¬til evig tid! Så skal Herrens utløyste seia, dei som han løyste ut or nauda og samla frå andre land, frå aust og vest, frå nord og sør. Somme fór vilt ¬i øydemark og hei; dei fann ikkje veg ¬til ein by å bu i. Dei var svoltne og tyrste og hadde ikkje kraft i si sjel. Då ropa dei i si naud ¬til Herren, og han fria dei ut or trengslene. Han førte dei ¬på den rette vegen, så dei kom til ein by ¬dei kunne bu i. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under ¬for menneska, at han sløkkjer ¬deira brennande torste og mettar dei svoltne ¬med det som godt er. Somme sat ¬i stummande mørker, hjelpelause, bundne i jern, fordi dei hadde stått ¬Guds ord imot og vanvørdt dei råd ¬Den Høgste gav. Deira hjarto var tyngde ¬av møde; dei snåva, ¬og det var ingen som hjelpte. Då ropa dei i si naud ¬til Herren, og han frelste dei ut ¬or trengslene. Han førte dei ut ¬or stummande mørker og sleit deira lekkjer sund. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under ¬for menneska, at han sprengjer bronseportar og slår jernbommar sund. Somme vart dårar ¬ved si syndige ferd, dei laut lida ¬for sine misgjerningar. Alle slag mat baud dei imot, dei kom heilt til dødens portar. Då ropa dei i si naud ¬til Herrren, og han frelste dei ut ¬or trengslene. Han sende sitt ord og lækte dei og fria dei frå grava. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under for menneska. Dei skal bera fram takkoffer og fortelja med fryd ¬om hans gjerningar. Somme fór ut på havet ¬med skip, dreiv handel på store hav. Dei fekk sjå ¬Herrens gjerningar, hans underverk ute på djupet. Han baud, og det bles opp ¬til uver, havsens bylgjer gjekk høge. Dei steig mot himmelen, ¬sokk i djupet, så folk miste motet i nauda. Dei tumla og raga som drukne, var heilt frå sans og samling. Då ropa dei i si naud ¬til Herren, og han førte dei ut ¬or trengslene. Han fekk stormen til å stilna, havsens bylgjer fall til ro. Glade vart dei då det stilna; han førte dei ¬til den hamn dei ynskte. Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn, at han gjer under ¬for menneska. Dei skal lova han ¬når folket er samla, og prisa han der dei eldste sit. Han gjorde elvar til øydemark, vassrike kjelder ¬til tyrstande land og grøderik jord til saltlende; for dei som budde der, ¬var vonde. Han gjorde øydemark ¬til sevgrodd tjørn og det turre landet til kjelder. Der lét han dei sveltande ¬slå seg ned, dei fekk grunnleggja ein by ¬til å bu i. Dei sådde åkrane til, ¬planta vintre og hausta frukta og grøda. Han velsigna folket, ¬det voks seg stort, og han lét det ikkje vanta fe. Men sidan minka dei i tal; dei vart bøygde og tyngde av ulukke og sorg. Han auste vanvørdnad ¬ut over stormenn og lét dei villa seg bort ¬i veglaus audn, men lyfte dei fattige opp ¬or armod og gjorde deira ætter ¬til ein talrik flokk. Dei ærlege ser det ¬og gleder seg, men all vondskap ¬må lata att sin munn. Den som er vis, ¬skal merka seg dette og akta ¬på Herrens velgjerningar. Ein song. Ein Davids-salme. Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil spela og syngja ¬av heile mitt hjarta. Vakna, harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja. Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre, lovsyngja deg ¬mellom folkeslag. Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho, til skyene rekk din truskap. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda! Hjelp oss med di høgre hand, svar oss, ¬så dine kjære vert berga! Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem og mæla opp Sukkot-dalen. Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til, Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud, og Juda er min styrarstav. Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg ¬min sko. Eg triumferer ¬over Filistarlandet.» Kven fører meg ¬til festningsbyen, kven leier meg til Edom? Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss og ikkje drog ut ¬med våre hærar? Gjev oss hjelp mot fienden! Hjelp frå menneske ¬duger ikkje. Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk. Han skal trakka ¬våre fiendar ned. Til korleiaren. Av David. Ein salme. Min Gud, som eg lovsyng, ¬ver ikkje tagal! No opnar dei gudlause ¬munnen, ein svikefull munn, ¬imot meg. Dei talar til meg ¬med lygnartunge, kringset meg med hatefull tale og strider mot meg utan grunn. Til løn for min kjærleik klagar dei meg; men eg bed. Dei løner godt med vondt og gjev meg hat ¬for min kjærleik. Gjev min motstandar ¬over til ein gudlaus, lat ein klagar stå ¬ved hans høgre side! Lat han gå domfelt ¬frå retten, lat hans bøn verta halden ¬for synd! Lat hans levedagar verta få og ein annan ta hans embete! Lat borna hans verta farlause og kona hans enkje! Lat borna flakka ikring ¬og be seg, gå tiggargang ¬frå øydelagd heim. Alt han eig, skal ein ågerkar ta, framande skal rana ¬frukta av hans strev. Ingen skal visa han ¬truskap meir eller ynkast ¬over hans farlause born. Hans etterkomarar ¬skal rydjast ut, deira namn skal strykast ¬i neste ættled. Herren skal minnast ¬hans fedrars skuld, synda åt mor hans ¬skal ikkje takast bort. Herren skal alltid ¬ha dei for auga, minnet om dei ¬skal rydjast ut frå jorda. For han tenkte aldri ¬på å visa truskap, men forfylgde dei arme ¬og fattige, og dei motlause ¬ville han drepa. Han elska å forbanna – lat forbanning råka ¬han sjølv! Han lika ikkje å velsigna – lat han aldri få velsigning! Han tok forbanning på ¬som ein kledning – lat henne trengja inn ¬i hans kropp som vatn, i hans bein som olje! Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i, som eit belte ¬han alltid bind om seg! Lat dette vera Herrens løn til dei som klagar meg og talar vondt imot meg! Men, Herre, du min Herre, gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld! Berga meg i din godleik ¬og truskap! For eg er arm og fattig, mitt hjarta er såra i min barm. Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar; som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort. Knea sviktar fordi eg fastar, min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje. Eg har vorte til spott for dei, dei rister på hovudet ¬når dei ser meg. Hjelp meg, Herre, min Gud, frels meg i di miskunn! Så skal dei merka di hand ¬bak dette og skjøna at du har gjort det, ¬Herre. Om dei forbannar, ¬velsignar du. Om dei reiser seg mot meg, ¬vert dei til skammar, og din tenar kan gleda seg. Lat mine fiendar ¬kle seg i vanære og sveipa seg i skam ¬som i ei kappe! Så vil eg takka Herren ¬med lovsong, midt i mengda vil eg prisa han. For han står attmed den fattige, vil hjelpa han mot dei ¬so m dømer han. Ein Davids-salme. Herren seier til min herre: «Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter!» Frå Sion retter Herren ut din mektige kongsstav. Ver herre mellom dine fiendar! Ditt folk møter viljug fram den dagen du mønstrar ¬din hær. I heilagt skrud ¬kjem din ungdom til deg som dogg ¬ut or morgonrodens fang. Herren har svore ¬og angrar det ikkje: «Du skal vera prest ¬til evig tid på Melkisedeks vis.» Herren er ved di høgre side, han knuser kongar ¬på sin vreidedag. Han dømer folkeslag ¬– det er fullt av lik, hovdingar knuser han ¬vidt over jord. Kongen drikk or bekken ¬ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt. Halleluja! Eg vil takka Herren ¬av heile mitt hjarta i rådet åt dei ærlege ¬og i deira samling. Store er Herrens gjerningar, granska av alle ¬som gleder seg over dei. Høgt og herleg er hans verk, hans rettferd varer til evig tid. Han har skapt eit minne ¬om sine under; nådig og miskunnsam ¬er Herren. Han gjev mat til dei ¬som ottast han, og kjem si pakt i hug ¬til evig tid. Han lét folket få kjenna ¬sine mektige gjerningar då han gav dei det landet ¬som andre folk åtte. Det han gjer, er sant og rett; pålitelege er alle hans påbod. Dei står ved lag ¬for evig og alltid, er gjevne i truskap og rettvise. Han har sendt sitt folk ¬utløysing og fastsett si pakt for evig. Heilagt og ageleg er ¬hans namn. Age for Herren ¬er opphav til visdom, godt vit har alle ¬som lever etter den. Herren skal prisast til evig tid. Halleluja! Sæl er den som ottast Herren, og har si store glede ¬i hans bod. Hans ætt vert mektig i landet, ætta åt dei ærlege ¬får velsigning. Det er velstand og rikdom ¬i hans hus, hans rettferd skal alltid vara. Ljos bryt fram i mørkret ¬for dei ærlege, for den som er nådig, ¬miskunnsam og rettferdig. Sæl er den som viljug gjev lån, som steller med sitt på rett vis. Han skal aldri i æve rikkast, evig er minnet ¬om rettvis mann. Han er ikkje redd ¬for vonde rykte, hans hjarta er fast, ¬han lit på Herren. Hans hug er roleg og utan otte, til sist får han sjå ¬at hans fiendar fell. Han strøyer ut, ¬han gjev til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara; stor vert hans makt og ære. Når dei gudlause ser det, ¬harmast dei, skjer tenner og veiknar bort. Det dei gudlause vil, ¬vert det ingenti ng av. Halleluja! Syng lovsong, Herrens tenarar, lovsyng Herrens namn! Lova vere Herrens namn frå no og til evig tid! Frå solrenning til soleglad skal Herrens namn vera lova. Opphøgd er Herren ¬over alle folkeslag, over himmelen ¬er hans herlegdom. Kven er som Herren vår Gud, han som tronar i det høge, som ser ned i det djupe, i himmelen og på jorda? Han reiser dei ringe or støvet, lyfter dei fattige or oska og sessar dei saman ¬med stormenn, med hovdingane i sitt folk. Barnlaus kvinne lèt han bu ¬i huset som lukkeleg mor ¬til ein barneflokk. Halleluja! Då Israel drog ut or Egypt, då Jakobs ætt tok ut frå eit folk som tala eit framandt språk, vart Juda Herrens heilagdom og Israel hans rike. Sjøen såg det og rømde, Jordan snudde og rann tilbake. Fjella hoppa som verar og haugane som lam. Kva har hendt deg, sjø, ¬sidan du rømer? Kvifor renn du tilbake, Jordan? De fjell, ¬kvifor hoppar de som verar, de haugar, ¬kvifor spring de som lam? Skjelv for Herrens åsyn, ¬du jord, skjelv for Jakobs Gud, han som gjer berget til eit vatn og harde fjellet til ei kjelde. Lat ikkje oss få ære, Herre, ikkje oss, ¬men ditt heilage namn! For du er god og trufast. Kvifor skal folkeslaga seia: «Kvar er no deira Gud?» Vår Gud er i himmelen, alt han vil, det gjer han. Deira gudebilete ¬er laga av sølv og gull; dei er eit verk ¬av menneskehender. Dei har munn, ¬men kan ikkje tala, dei har augo, ¬men kan ikkje sjå. Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra, dei har nase, ¬men kan ikkje lukta. Dei kan ikkje gripa ¬med sine hender og kan ikkje gå med ¬sine føter; dei har ikkje mål i strupen. Såleis vert dei som lagar dei òg, og alle som set si lit til dei. Israel, set di lit til Herren! Han er deira hjelp og skjold. Arons ætt, set di lit ¬til Herren! Han er deira hjelp og skjold. De som ottast Herren, ¬lit på han! Han er deira hjelp og skjold. Herren kjem oss i hug ¬og velsignar oss. Han velsignar Israels ætt, han velsignar Arons ætt. Han velsignar ¬dei som ottast han, dei små med dei store. Gjev Herren må la dykk ¬auka i tal, både dykk og borna dykkar! Velsigna vere de av Herren, han som skapte himmel ¬og jord! Himmelen er Herrens himmel, men jorda gav han ¬til menneska. Dei døde prisar ikkje Herren, det gjer ingen ¬som stig ned i stilla. Men vi skal lova Herren frå no og til evig tid. Halleluja! Eg elskar Herren, for han høyrde meg då eg trygla og bad. Fordi han vende øyra ¬til meg, vil eg kalla på han ¬alle mine dagar. Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg, helheims redsler greip meg, eg fann berre naud og sorg. Då kalla eg på Herren: «Å, Herre, berga mitt liv!» Herren er nådig og rettferdig, miskunnsam er vår Gud. Herren vernar dei umyndige, han kom meg til hjelp ¬då eg var veik. Kom til ro att, mi sjel, for Herren har gjort vel ¬imot deg! Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden, mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall. Eg får ferdast for Herrens åsyn i landet åt dei levande. Eg trudde, jamvel då eg sa: «Eg er ille plaga.» I min angst og mi uro sa eg: «Kvart menneske ¬er ein lygnar.» Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar ¬mot meg? Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn. Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren for augo på heile hans folk. Det er dyrt i Herrens augo at hans trugne døyr. Å, Herre, eg er din tenar, din tenar ¬og son til di trælkvinne. Du har løyst mine lekkjer. Eg vil bera fram takkoffer ¬til deg og kalla på Herrens namn. Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren for augo på heile hans folk, i føregardane til Herr ens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja! Lovsyng Herren, alle folkeslag, pris han, alle ætter! For hans miskunn mot oss ¬er stor. Herrens truskap varer evig. Halleluja! Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn. Så skal Israel seia: Evig varer hans miskunn. Arons ætt skal seia: Evig varer hans miskunn. Dei som ottast Herren, ¬skal seia: Evig varer hans miskunn. I trengsla ropa eg til Herren, han svara ¬og førte meg ut i ope lende. Når Herren er med, ¬reddast eg ikkje. Kva kan vel menneske ¬gjera meg? Når Herren er min hjelpar, kan eg sjå på mine fiendar ¬utan otte. Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til menneske. Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til stormenn. Alle folkeslag kringsette meg; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn. Dei var ikring meg ¬på alle kantar; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn. Dei var ikring meg som bier. Dei slokna som eld i klunger; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn. Dei støytte meg hardt, ¬eg heldt på å falla, men Herren kom meg til hjelp. Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging. Høyr, jubel og sigersrop lyder i telta åt dei rettferdige! Herrens høgre hand ¬gjer storverk, Herrens hand reiser opp. Herrens høgre hand ¬gjer storverk. Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja ¬om Herrens gjerningar. Hardt har Herren tukta meg, men han lét meg ikkje døy. Lat rettferdsporten opp ¬for meg, eg vil gå inn og prisa Herren! Her er Herrens port, gjennom den ¬går dei rettferdige inn. Eg takkar deg ¬fordi du svara meg, fordi du vart mi berging. Den steinen ¬bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen ¬som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Å, Herre, gjev frelse, å, Herre, lat det lukkast! Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Vi velsignar dykk ¬frå Herrens hus. Herren er Gud, ¬han gav oss ljos. Knyt festtoget saman ¬med greiner heilt opp til altarhorna! Du er min Gud, eg takkar deg; min Gud, eg lovsyng deg. Pris Herren, for han er god, ev ig varer hans miskunn. Sæl er den som er heil ¬i si ferd og fylgjer Herrens lov. Sæle er dei ¬som held hans lovbod og søkjer han ¬av heile sitt hjarta, dei som ikkje gjer urett, men ferdast på hans vegar. Du har gjeve dine føresegner for at dei skal haldast nøye. Ja, gjev mine steg vart faste så eg kunne halda ¬dine føreskrifter! Eg skal aldri verta til skammar når eg gjev akt ¬på alle dine bod. Eg prisar deg av eit ¬ærleg hjarta når eg lærer å kjenna dine rettferdige domar. Dine føreskrifter vil eg halda; du må ikkje reint forlata meg! Korleis skal ein ungdom halda sin stig rein? Når han held seg til dine ord. Eg søkjer deg ¬av heile mitt hjarta, lat meg ikkje villast bort ¬frå dine bod! I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg. Lova vere du, Herre! Lær meg dine føreskrifter! Med mine lipper reknar eg opp alle domane frå din munn. Når eg ferdast ¬etter dine lovbod, er eg glad ¬som om eg hadde all rikdom. Eg vil grunda ¬på dine føresegner og tenkja på dine stigar. Dine føreskrifter er mi lyst, eg gløymer ikkje dine ord. Gjer vel mot din tenar, så eg kan leva ¬og halda dine ord. Lat opp mine augo, ¬så eg kan sjå dei underfulle ting i di lov! Eg er ein gjest på jorda, løyn ikkje dine bod for meg! Stendig fortærest mi sjel av lengsle etter dine domar. Du har truga dei frekke ¬og forbanna, som fer vilt og bryt dine bod. Ta spott og vanvørdnad ¬frå meg, for eg held dine lovbod. Om hovdingar sit ¬og samrår seg mot meg, grundar din tenar ¬på dine føreskrifter. Ja, dine lovbod er mi lyst, det er dei som gjev meg råd. Eg ligg hjelpelaus i støvet. Hald meg i live etter ditt ord! Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg. Lær meg dine føreskrifter! Lat meg skjøna den veg ¬dine føresegner viser! Eg vil grunda på dine under. Eg græt og syrgjer sårt. Reis meg opp etter dine ord! Hald meg borte ¬frå lygnevegen, og unn meg i nåde di lov! Truskapsvegen har eg valt, dine domar har eg for auga. Eg held fast på dine lovbod. Herre, lat meg ikkje verta ¬til skammar! Eg vil springa den veg ¬dine bod viser, for du friar mitt hjarta ¬frå angst. Herre, lær meg den veg ¬dine føreskrifter viser, så vil eg fylgja han ¬heilt til slutt! Gjev meg vit, så eg fylgjer ¬di lov og held henne ¬av heile mitt hjarta! Lat meg gå på den stig ¬dine bod viser, for han er til hugnad for meg. Bøy mitt hjarta til dine lovbod og ikkje til ussel vinning! Vend mine augo frå svik, hald meg i live på din veg! Stadfest ditt ord for din tenar, så eg kan ha age for deg. Ta bort den vanære ¬som eg er redd, for dine domar er gode! Sjå, eg lengtar ¬etter dine føresegner, hald meg i live ved di rettferd! Herre, lat di miskunn og frelse koma til meg etter ditt ord! Så kan eg svara ¬dei som spottar meg, for eg lit på ditt ord. Ta ikkje sanningsordet ¬frå min munn, for eg ventar på dine domar. Så vil eg alle dagar stendig halda di lov. Lat meg ferdast i ope lende, for eg spør ¬etter dine føresegner! Eg vil tala for kongar ¬om dine lovbod, og eg skal ikkje verta ¬til skammar. Eg har mi glede i dine bod, dei held eg av. Eg lyfter mine hender til dine bod, som eg elskar, og eg grundar ¬på dine føreskrifter. Kom i hug ditt ord ¬til din tenar! Du har då gjeve meg von. Det er mi trøyst i nauda, at ditt ord held meg i live. Dei frekke ¬spottar meg stendig, men eg har ikkje bøygt av ¬frå di lov. Eg kjem i hug dine domar ¬frå gamal tid, og då finn eg trøyst, Herre. Eg har vorte brennande harm på dei vonde som sviktar ¬di lov. Dine føreskrifter ¬har vorte til songar for meg i huset der eg bur ¬som framand. Eg kjem i hug ditt namn ¬om natta, Herre, og held meg til di lov. Så har det vorte for meg at eg fylgjer dine føresegner. Herren er min lut og del; eg har sagt ¬at eg vil halda dine ord. Eg bed deg av heile mitt hjarta: Ver meg nådig etter ditt ord! Eg har grunda på mi ferd og vendt meg til dine lovbod. Eg dryer ikkje, ¬men skundar meg med å halda dine bod. Snarene åt dei gudlause ¬slyngjer seg om meg, men eg har ikkje gløymt di lov. Midt på natta ¬står eg opp og prisar deg for dine rettferdige domar. Eg held meg til alle ¬som ottast deg og fylgjer dine føresegner. Jorda er full av di miskunn, ¬Herre. Lær meg dine føreskrifter! Herre, etter ditt ord har du gjort vel mot din tenar. Gjev meg kunnskap og ¬godt vit, for eg trur på dine bod! Før eg vart audmykt, fór eg vilt, men no held eg meg ¬til ditt ord. God er du, og godt gjer du. Lær meg dine føreskrifter! Dei frekke har sverta meg ¬med lygn, men eg held heilhuga ¬dine føresegner. Deira hjarta er feitt og sløvt, men eg har mi lyst i di lov. Det var godt for meg ¬at eg vart audmykt, så eg kunne læra ¬dine føreskrifter. For meg er lova ¬som du forkynner, betre enn tusen stykke ¬gull og sølv. Dine hender har skapt ¬og forma meg. Gjev meg skjøn, ¬så eg lærer dine bod! Dei som ottast deg, ¬skal sjå meg med glede, for eg ventar på ditt ord. Herre, eg veit ¬at dine domar er rette; i truskap har du audmykt meg. Lat din godleik vera mi trøyst etter ditt ord til din tenar! Lat meg møta di miskunn, ¬så eg kan leva, for di lov er mi lyst. Lat dei frekke verta ¬til skammar, dei som lyg på meg ¬og gjer meg urett. Eg grundar på dine føresegner. Lat dei venda seg til meg, dei som ottast deg ¬og kjenner dine lovbod. Lat meg fylgja dine føreskrifter ¬av heile mitt hjarta, så eg ikkje vert til skammar. Mi sjel brenn av lengsle ¬etter di frelse, og eg ventar på ditt ord. Mine augo lengtar ¬etter ditt ord, og eg spør: ¬«Når vil du trøysta meg?» For eg har vorte ¬som ein turr skinnsekk; men dine føreskrifter ¬gløymer eg ikkje. Kor lenge skal din tenar venta? Når vil du døma ¬dei som forfylgjer meg? Dei frekke som ikkje held ¬di lov, grev fallgraver for meg. Alle dine bod er pålitelege. Hjelp meg mot dei ¬som forfylgjer meg med lygn. Dei har mest gjort ende på meg ¬her i landet, men eg sviktar ikkje ¬dine føresegner. Ver trufast og hald meg i live, så vil eg fylgja ¬dei lovbod du har gjeve. I all æve, Herre, varer ditt ord, det står fast i himmelen. Din truskap varer ¬frå ætt til ætt; du har grunnlagt jorda, ¬og ho står fast. Etter di ordning ¬står ho framleis, for alle ting må tena deg. Dersom ikkje di lov var mi lyst, gjekk eg til grunne i mi naud. Aldri gløymer eg ¬dine føresegner, for ved dei har du halde meg ¬i live. Frels meg, for eg høyrer deg til! Eg spør etter dine føresegner. Dei gudlause ligg på lur og vil gjera ende på meg. Eg aktar på dine lovbod. Eg har sett at alt tek slutt, kor fullkome det enn er, men ditt bod har inga grense. Å, kor eg elskar di lov, heile dagen er ho ¬i mine tankar. Dine bod gjer meg visare ¬enn mine fiendar, for dei har eg alltid hjå meg. Eg har større skjøn ¬enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine lovbod. Eg skjønar meir enn dei gamle, for eg fylgjer dine føresegner. Eg held min fot ¬frå kvar vond stig, så eg kan ta vare på ditt ord. Eg har ikkje vike ¬frå dine domar, for du har lært meg opp. Å, dine ord er søte ¬for min gane, betre enn honning ¬for min munn. Av dine føresegner får eg vit, difor hatar eg alle falske stigar. Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig. Eg har svore ¬– og det har eg halde – å fylgja dine rettferdige domar. Djupt er eg nedbøygd, Herre; hald meg i live etter ditt ord! Ta vel imot mitt songoffer, ¬Herre, og lær meg dine domar! Eg går støtt med livet ¬i hendene, men eg har aldri gløymt di lov. Dei gudlause set snarer ¬for meg, men eg vildrar meg ikkje bort ¬frå dine føresegner. Dine lovbod er min eigedom ¬for alltid, ja, dei gleder mitt hjarta. Etter dine føreskrifter ¬rettar eg meg, og det vil eg alltid gjera ¬til mi siste stund. Eg hatar vinglande menneske, men di lov elskar eg. Du er mitt skjold og vern; eg ventar på ditt ord. Vik frå meg, de som gjer vondt! Eg vil halda min Guds bod. Hald meg oppe etter ditt ord, så eg kan få leva. Lat ikkje mi von ¬verta til skammar! Stø meg, så eg kan verta frelst og alltid ha dine føreskrifter ¬for auga. Alle som vildrar seg bort ¬frå dine føreskrifter, viser du frå deg, ¬for dei tenkjer på svik. Alle dei vonde i landet tek du bort som slagg; difor elskar eg dine lovbod. Min lekam skjelv ¬av redsle for deg; eg har age for dine domar. Eg har gjort rett og rettferd. Gjev meg ikkje over ¬til valdsmennene! Gå god for din tenar, ¬så det går han vel. Lat ikkje dei frekke få kua meg! Eg ser med lengsle ¬etter di frelse og etter ditt rettferdige ord. Far fram i truskap ¬mot din tenar, og lær meg dine føreskrifter! Eg er din tenar; gjev meg vit, så eg kan skjøna dine lovbod! Det er tid for Herren ¬til å gripa inn; for dei har brote di lov. Eg elskar dine bod meir enn gull, ja, fint gull. Difor rettar eg meg ¬etter alle dine føresegner; eg hatar alle falske stigar. Underfulle er dine lovbod, difor tek eg vare på dei. Dine ord gjev ljos ¬når dei opnar seg, dei gjev den urøynde skjøn. Med lengsle opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig! Det er rett mot dei ¬som elskar ditt namn. Gjer mine steg faste ¬ved ditt ord, lat ingen urett få makt ¬over meg! Fri meg frå menneskevald, så vil eg halda dine føresegner! Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar, og lær meg dine føreskrifter! Tårene strøymer frå augo mine, fordi folket ikkje held di lov. Rettferdig er du, Herre, og rettvise er dine domar. Du gav dine lovbod i rettferd og i din store truskap. Eg forgår av brennhug, fordi mine fiendar ¬har gløymt dine ord. Skirt og reint er ditt ord, din tenar elskar det. Liten og vanvørd er eg, men dine føresegner ¬gløymer eg ikkje. Di rettferd er ei evig rettferd, og di lov er sanning. Naud og trengsle har råka meg, men dine bod er mi lyst. Dine lovbod er alltid rette. Gjev meg skjøn, så eg kan leva! Av heile mitt hjarta ¬ropar eg, Herre. Svar meg, så vil eg fylgja ¬dine føreskrifter! Eg ropar til deg. Frels meg, så vil eg halda dine lovbod! Før morgonen renn, ¬ropar eg om hjelp; eg ventar på dine ord. Eg ligg vaken i nattevaktene og grundar på ditt ord. Herre, du som er trufast, ¬høyr når eg ropar, hald meg i live ¬etter dine domar! No kjem dei ¬som skamlaust ¬forfylgjer meg, dei som er langt borte frå ¬di lov. Men, Herre, du er nær, alle dine bod er sanning. Av dine lovbod ¬har eg lenge skjøna at du har fastsett dei for evig. Sjå mi naud og fri meg ut! For eg har ikkje gløymt di lov. Før mi sak og løys meg ut, hald meg i live etter ditt ord! Langt frå frelsa er dei ¬gudlause, for dei spør ikkje ¬etter dine føreskrifter. Stor er di miskunn, Herre, fell din dom og lat meg leva! Mange forfylgjer meg ¬og står meg imot; men eg vik ikkje ¬frå dine lovbod. Eg ser med uvilje ¬på dei trulause, som ikkje gjev akt på ditt ord. Sjå, eg elskar dine føresegner! Herre, du som er trufast, ¬hald meg i live! Summen av dine ord er sanning, evig er all din rettferdige dom. Om stormenn forfylgjer meg ¬utan grunn, så har eg age for ditt ord ¬i mitt hjarta. Eg gleder meg over ditt ord, lik ein som fører bort ¬stort hærfang. Eg hatar og avskyr lygn, og eg elskar di lov. Sju gonger om dagen ¬prisar eg deg for dine rettferdige domar. Dei som elskar di lov, ¬har fred og lukke, ingen ting får dei til å snåva. Eg set mi von ¬til di frelse, Herre; og dine bod har eg halde. I min hug ¬tek eg vare på dine lovbod, ja, eg elskar dei høgt. Dine bod og føresegner ¬har eg halde, du kjenner alle mine vegar. Lat mitt klagerop ¬koma fram for deg, Herre, gjev meg skjøn etter ditt ord! Lat mi inderlege bøn ¬koma fram for deg, berga meg etter ditt ord! Frå mine lipper ¬skal lovsongen strøyma, for du lærer meg ¬dine føreskrifter. Eg skal syngja om dine ord, for alle dine bod er rettferdige. Kom meg til hjelp ¬med di hand! For eg har valt dine føresegner. Eg lengtar etter di frelse, Herre, di lov er mi lyst. Lat meg leva, ¬så skal eg prisa deg, lat meg få hjelp av dine domar! Eg har gått meg vill ¬som ein bortkomen sau. Leita etter meg, din tenar, for eg har ikkje ¬gløymt dine bod. Ein song til festferdene. Til Herren ropa eg i mi naud, og han høyrde mi bøn. Frels meg frå lipper som lyg, frå falske tunger, Herre! Kva skal han gje deg, ¬du falske tunge, og kva meir skal han la deg få? Kvasse piler ¬frå stridsmannens boge og gloande kol ¬av gyvelbusken. Ve meg, som må halda til ¬i Mesjek og bu mellom Kedars telt! Altfor lenge har eg butt mellom folk som hatar fred. Eg ynskjer fred; ¬men seier eg eit ord, er dei ferdige til strid. Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel ¬og jord. Han lèt ikkje foten din ¬vera ustø, din vaktar blundar ikkje. Nei, han blundar ikkje ¬og søv ikkje, Israels vaktar. Herren er din vaktar, ¬Herren er din skugge, han er ved di høgre hand. Sola skal ikkje stikka deg ¬om dagen og månen ikkje skada deg ¬om natta. Herren skal vara deg ¬frå alt vondt og verna om ditt liv. Herren skal vara ¬din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Ein song til festferdene. Av David. Eg er glad når dei seier til meg: «Vi vil gå til Herrens hus.» No har vi sett våre føter i dine portar, Jerusalem. Jerusalem, du velbygde by, som ligg der samla ¬og samanbunden! Dit fer ættene opp, ættene som høyrer Herren til. Det er ei lov for Israel at dei skal prisa ¬Herrens namn der. Ja, der er domarsete reiste, troner for Davids hus. Bed om fred for Jerusalem! Gjev dei som elskar deg, ¬må leva trygt! Gjev fred får råda ¬bak dine murar og tryggleik i dine borger! For mine brør og frendar skuld seier eg: «Fred over deg!» Fordi Herren vår Gud ¬har sitt hus i deg, bed eg at det må gå deg vel. Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til deg, du som tronar i himmelen, liksom trælen fylgjer handa åt herren sin med augo. Liksom trælkvinna fylgjer handa åt husfrua med augo, så vender vi augo ¬mot Herren vår Gud, til dess han viser oss nåde. Ver oss nådig, Herre, ¬ver oss nådig! For vi har fått meir enn nok ¬av spott. Vi er mette av spott ¬frå sjølvtrygge folk, og av vanvørdnad ¬frå dei hovmodige. Ein song til festferdene. Av David. Hadde ikkje Herren ¬vore med oss – så skal Israel seia – hadde ikkje Herren vore med då menneske reiste seg ¬mot oss, så hadde dei slukt oss levande då deira vreide loga imot oss; då hadde vatnet rive oss bort og flaumen skylt over oss, då hadde dei veldige ¬vassmengdene kome veltande over oss. Lova vere Herren, som ikkje gav oss til rov ¬for deira tenner! Vi slapp fri som fuglen or fuglefangarens snare. Snara rivna, og vi slapp fri. Vi har vår hjelp ¬i Herrens namn, Han som skapte himmel og jord. Ein song til festferdene. Dei som set si lit til Herren, er som Sion-fjellet; det skal aldri rikkast, ¬men stå til evig tid. Liksom fjella ¬ligg vernande om Jerusalem, såleis vernar Herren ¬om sitt folk frå no og til evig tid. Nidings kongsstav ¬skal ikkje kvila på landet ¬som dei rettferdige fekk, så ingen rettferdig ¬skal retta ut handa og gjera det som vondt er. Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som har ¬ein ærleg hug. Men Herren sender frå seg dei som slår inn på krokvegar, og dei som fer med vondskap. Fred vere over Israel! Ein song til festferdene. Då Herren vende Sions lagnad, var det for oss som ein draum. Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med fagnadrop. Då sa dei mellom folka: «Store ting ¬har Herren gjort mot desse.» Ja, store ting ¬har Herren gjort mot oss, og vi vart glade. Vend vår lagnad, Herre, som bekkene i Negev! Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop. Gråtande går dei ¬og sår sitt korn, med fagnadrop skal dei koma ¬og bera sine kornband. Ein song til festferdene. Av Salomo. Dersom Herren ikkje ¬byggjer huset, arbeider bygningsmennene ¬til fånyttes. Dersom Herren ikkje ¬vaktar byen, vaker vaktmannen til fånyttes. Fåfengt står de tidleg opp, fåfengt går de seint til bords og et det brødet ¬de har slite for. Det same gjev han sine vener ¬medan dei søv. Sjå, born er ei gåve frå Herren, livsfrukt er ei løn frå han. Som piler i ei krigarhand er søner ein får i sin ungdom. Sæl er den mann som fyller pilehuset sitt ¬med dei. Han treng ikkje skjemmast når han talar mot fiendar ¬på tinget. Ein song til festferdene. Sæl er kvar den ¬som ottast Herren og ferdast på hans vegar. Du får nyta frukta av ditt strev. Sæl er du, det skal gå deg vel. Kona di er ¬som eit grøderikt vintre der inne i ditt hus, og dine søner kring ditt bord er som unge oliventre. Ja, såleis vert han velsigna, den mann som ottast Herren. Herren velsigne deg frå Sion, så du får sjå Jerusalems lukke alle dine levedagar, og får sjå born av dine born. Fred vere over Israel! Ein song til festferdene. Hardt har dei stridt imot meg ¬heilt frå min ungdom – så skal Israel seia. Hardt har dei stridt imot meg ¬heilt frå min ungdom, men dei har ikkje vunne ¬over meg. På ryggen min ¬har plogmenn pløgt og drege lange fòrer. Men Herren er rettferdig, reipa åt dei gudlause ¬har han hogge av. Gjev alle som hatar Sion, må dra seg tilbake med skam! Dei skal verta lik gras på taket, som visnar før ein får teke det. Den som skjer det, ¬får ikkje handa full; den som samlar, ¬får ikkje eit fang. Ingen som fer framom, ¬skal seia: «Herren signe dykk!» Vi velsignar dykk ¬i Herrens namn. Ein song til festferdene. Frå djupet ropar eg til deg, ¬Herre. Herre, høyr mi røyst! Vend øyra til og høyr når eg tryglar og bed. Dersom du vil gøyma ¬på syndeskuld, Herre, kven kan då verta ståande? Men hjå deg er tilgjeving; difor må vi ottast deg. Eg ventar, ja vonar på Herren, eg ventar på hans ord. Eg stundar etter Herren meir enn vaktmenn ¬etter morgonen, vaktmenn etter morgonen. Venta på Herren, Israel! For hjå Herren er miskunn, hjå han er full utløysing. Herren skal løysa ut Israel frå alle deira synder. Ein song til festferdene. Av David. Herre, hjarta mitt ¬er ikkje hovmodig, augo mine er ikkje stolte. Eg gjev meg ikkje av med slikt som er for stort ¬og underfullt for meg. Nei, eg har fått mi sjel til å vera still og roleg, som eit lite barn hjå mor si, når det har stilt sin torste. Så er mi sjel i meg. Venta på Herren, Israel, frå no og til evig tid! Ein song til festferdene. Herre, kom David i hug for all den møda han heldt ut! Han svor Herren ein eid, gav Jakobs Veldige ein lovnad: «Eg går ikkje inn i min bustad og legg meg ikkje på mi lege, eg unner meg ikkje ¬blund på augo, lèt ikkje augneloka kvila før eg har funne ¬ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs Veldige.» Vi høyrde om paktkista ¬i Efrata, vi fann henne ¬på Ja’ar-markene. Kom, lat oss gå ¬til Herrens bustad og kasta oss ned ¬for hans fotskammel! Reis deg, Herre, ¬og kom til den stad der du slår deg til ro, du og ditt veldes kiste. Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd, og dei som held di pakt, ¬skal jubla. For David, din tenar skuld, vis ikkje frå deg ¬den du har salva! Herren har svore David ¬ein eid, eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå: «Menn av di ætt vil eg setja på din kongsstol. Dersom sønene dine ¬held mi pakt og den lov eg vil læra dei, så skal deira søner òg for alltid sitja ¬på din kongsstol.» For Herren har valt ut Sion, som han vil ha til bustad: «Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid, her vil eg bu, ¬det er mitt ynske. Maten på Sion vil eg velsigna, og dei fattige vil eg metta ¬med brød. Sions prestar kler eg ¬med frelse, og dei trugne skal ropa ¬av fagnad. Der lèt eg Davids-ætta få makt, eg steller til ei lampe ¬for den eg har salva. Hans fiendar vil eg kle ¬med skam men på hans hovud ¬skal krona stråla.» Ein song til festferdene. Av David. Sjå, kor godt og fagert det er når brør bur fredeleg saman! Det er som når dyr olje ¬på hovudet renn ned i skjegget, renn ned i Arons skjegg og over saumen ¬på hans kjortel. Det er som når dogg ¬frå Hermon fell på Sion-fjellet. For der gjev Herren velsigning og liv til alle tider. Ein song til festferdene. Stå opp og lovsyng Herren, alle Herrens tenarar, de som ved nattetider gjer teneste i Herrens hus. Lyft dykkar hender ¬til heilagdomen, og lovsyng Herrens namn! Herren velsigne deg frå Sion, han som skapte himmel ¬og jord! Halleluja! Pris Herrens namn, syng lovsong, Herrens tenarar, de som står i Herrens hus, i føregardane til vår Guds hus! Pris Herren, for han er god, lovsyng hans namn, ¬for det er herleg! For Herren har valt ut Jakob, gjort Israel til sin eigedom. Ja, eg veit at Herren er stor, vår Herre er større ¬enn alle gudar. Alt han vil, det gjer han, i himmelen og på jorda, i havet og alle dei store djup. Han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda, skaper lyn, lèt regnet falla og sender vinden ¬frå hans opplagsrom. Han slo dei fyrstefødde ¬i Egypt, både av folk og fe. Han sende teikn ¬og gjorde under i landet ditt, Egypt, med farao og alle hans tenarar. Han slo ned mange folkeslag og gjorde ende ¬på sterke kongar: amorittkongen Sihon, kong Og i Basan og alle kongane i Kanaan. Han gav deira land ¬til odel og eige for Israel, sitt folk. Herre, evig varer ditt namn, ætt etter ætt kjem deg i hug. For Herren hjelper sitt folk ¬til deira rett, har medynk med sine tenarar. Dei gudebilete folka dyrkar, er laga av sølv og gull; dei er eit verk ¬av menneskehender. Dei har munn, ¬men kan ikkje tala, dei har augo, ¬men kan ikkje sjå. Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra, det er ikkje pust i deira munn. Såleis vert dei ¬som lagar dei òg, og alle som set si lit til dei. Israels ætt, lov Herren! Arons ætt, lov Herren! Levis ætt, lov Herren! Lov Herren, de som ottast han! Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja! Pris Herren, for han er god, ¬evig varer hans miskunn! Pris han som er Gud ¬over alle gudar, ¬evig varer hans miskunn! Pris han som er herre ¬over alle herrar, ¬evig varer hans miskunn! Einast han gjer store under, ¬evig varer hans miskunn! Han skapte himmelen ¬med visdom, ¬evig varer hans miskunn! Han la jorda på vatnet, ¬evig varer hans miskunn! Han skapte dei store ljosa, ¬evig varer hans miskunn! sola til å råda om dagen, ¬evig varer hans miskunn! månen og stjernene ¬til å råda om natta, ¬evig varer hans miskunn! Han slo Egypt ¬då han drap dei fyrstefødde, ¬evig varer hans miskunn! og førte Israel ut derifrå, ¬evig varer hans miskunn! med sterk hand og strak arm, ¬evig varer hans miskunn! Han kløyvde vatnet ¬i Sevsjøen i to, ¬evig varer hans miskunn! førte Israel midt igjennom, ¬evig varer hans miskunn! dreiv farao og hans hær ¬ut i sjøen, ¬evig varer hans miskunn! Han førte sitt folk i øydemarka, ¬evig varer hans miskunn! Han felte store kongar, ¬evig varer hans miskunn! drap mektige kongar, ¬evig varer hans miskunn! amorittkongen Sihon, ¬evig varer hans miskunn! og kong Og i Basan, ¬evig varer hans miskunn! Han gav deira land ¬til odel og eige, ¬evig varer hans miskunn! til odel og eige ¬for Israel, sin tenar, ¬evig varer hans miskunn! Han kom oss i hug ¬i vår fornedring, ¬evig varer hans miskunn! og reiv oss ut or fiendevald, ¬evig varer hans miskunn! Han gjev mat til alt som lever, ¬evig varer hans miskunn! Pris han som er Gud ¬i himmelen, ¬evig varer hans miskunn! Ved Babels elvar, ¬der sat vi og gret når vi kom Sion i hug. På piletrea der i landet lét vi våre harper hanga. Der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga; dei som plaga oss, ¬kravde glede: «Syng for oss av ¬Sions songar!» Korleis kan vi syngja ¬Herrens song på framand jord? Nei, gløymer eg deg, ¬Jerusalem, så lat mi høgre hand ¬verta gløymd! Lat tunga hanga fast ved ganen om eg ikkje minnest deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede! Herre, kom Jerusalems dag ¬i hug, og Edoms søner som sa: ¬«Riv ned! Ja, riv ned til grunnen!» Babels dotter, du som er herja, sæl er den som gjev deg att for det du har gjort mot oss! Sæl er den ¬som tek dine småborn og knuser dei mot berget! Av David. Eg prisar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta, eg lovsyng deg ¬for augo på gudar. Eg kastar meg ned ¬for ditt heilage tempel og prisar deg for di miskunn ¬og din truskap. Du har gjort ditt namn ¬og ditt ord større enn alle ting. Den dagen eg ropa, ¬svara du meg; du gav meg mot og kraft i sjela. Alle kongar på jord ¬skal prisa deg, Herre, når dei får høyra ¬dei ord du har tala. Dei skal syngja ¬om Herrens vegar, for Herrens herlegdom er stor. Ja, høg er Herren, ¬men han ser til den låge, langt bortanfrå ¬kjenner han den stolte. Om eg ferdast i trengsle, ¬held du meg i live, du retter ut di hand ¬mot mine rasande fiendar og bergar meg ¬med di høgre hand. Herren vil fullføra verket ¬for meg. Herre, di miskunn varer evig. Hald ikkje opp ¬med det verk du gjer! Til korleiaren. Ein Davids-salme. Herre, du ransakar meg ¬og kjenner meg. Anten eg sit eller står, ¬så veit du det, langt bortanfrå ¬merkar du mine tankar. Anten eg går eller ligg, ¬så ser du det, du kjenner alle mine vegar. Ja, før eg har eit ord på tunga, veit du det, Herre, fullt ¬og heilt. Du kringset meg på alle ¬sider, du har lagt di hand på meg. Det er for underfullt ¬til å skjøna, det er så høgt ¬at eg ikkje kan fatta det. Kvar skal eg fara frå din Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn? Fer eg opp til himmelen, ¬så er du der, og reier eg lege i dødsriket, ¬så er du der òg. Tek eg morgonrodens ¬venger på og slår meg ned ¬der havet endar, så fører du meg jamvel der, di høgre hand, ¬ho held meg fast. Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna meg og ljoset ikring meg ¬verta natt», så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset. For du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg er skapt på skræmeleg underfull vis. Underfulle er dine verk, det veit eg så vel. Mine bein var ikkje dulde ¬for deg då eg vart skapt i løyndom og forma djupt i jorda. Du såg meg då eg var eit foster, i di bok vart alt skrive opp; mine dagar fekk si form før ein einaste av dei ¬var komen. Kor høge dine tankar er, Gud, kor veldig summen av dei! Vil eg telja dei, ¬er dei tallause som sand; kjem eg til endes med det, ¬er eg enno hjå deg. Gjev du ville drepa den vonde, ¬Gud, og la drapsmennene vika ¬frå meg, dei som talar svikefullt om deg og reiser seg mot deg ¬i vondskap. Eg hatar dine fiendar, Herre, har uvilje mot dei ¬som står deg imot. Eg hatar dei ¬med eit grenselaust hat og held dei for mine fiendar. Ransak meg, Gud, ¬og kjenn mitt hjarta, prøv meg og kjenn ¬mine tankar! Sjå om eg er ¬på den vonde vegen, og lei meg på ævevegen! Til korleiaren. Ein Davids-salme. Fri meg frå vonde menneske, ¬Herre, vern meg mot menn ¬som gjer vald! Dei har vonde tankar i hjarta og eggjar dagleg til strid. Dei har kvasse tunger ¬som ormar, under lippene har dei eiter. Vakta meg, Herre, ¬for nidings hand, vern meg mot menn ¬som gjer vald, og som gjerne vil få meg ¬til å snåva. Stolte set dei snarer for meg, attmed vegen ¬spenner dei tog som garn og set feller for meg. Eg seier til Herren: ¬Du er min Gud, Herre, høyr mi inderlege bøn! Herre Gud, min sterke frelsar, du vernar mitt hovud ¬på stridens dag. Lat ikkje nidingen ¬få det han ynskjer, lat ikkje hans planar ¬lukkast, Herre! Dei som samlar seg kring meg, ¬lyfter hovudet. Lat det vonde dei talar om, ¬råka dei sjølve! Lat det regna gloande kol ¬ned over dei, lat dei falla i djupe groper, så dei ikkje kjem opp. Dei som talar vondt ¬om andre, skal ikkje få vera i landet. Valdsmenn skal jagast ¬av ulukke og få slag på slag. Eg veit at Herren ¬fører saka for dei arme og hjelper dei fattige ¬til deira rett. Ja, dei rettferdige ¬prisar ditt namn, dei ærlege ¬får bu for ditt åsyn. Ein Davids-salme. Herre, eg ropar til deg. Skunda deg og hjelp meg! Vend øyra til mi røyst ¬når eg ropar til deg! Lat mi bøn gjelda ¬som røykjelse for deg, mine opplyfte hender ¬som offer om kvelden. Herre, set vakt for min munn, vakta mine lippers dør! Lat meg ikkje få lyst ¬til noko vondt, til å gjera gudlause gjerningar saman med ugjerningsmenn! Deira beste mat ¬vil eg ikkje smaka. Ein rettferdig mann ¬kan slå meg, han tuktar meg i kjærleik. Men gudlause skal aldri få salva mitt hovud. Alltid set eg mi bøn opp mot deira vondskap. Deira hovdingar skal støytast ¬nedetter berget, og dei skal få merka ¬at mine ord var gode. Som når ein pløyer ¬og velter opp jord, skal beina deira strøyast ut ved inngangen til dødsriket. Ja, Herre, ¬mine augo er vende mot deg, eg flyr til deg. Lat ikkje livet mitt spillast! Hald meg borte frå snara ¬dei set for meg, frå fellene åt ugjerningsmenn! Lat dei gudlause falla ¬i sine eigne garn, medan eg går uskadd framom. Ein læresalme av David, då han var i hola. Ei bøn. Eg ropar høgt til Herren og bed han audmjukt om nåde. Eg renner ut mi klage for han, legg fram for han mi naud. Når mi ånd er kraftlaus, veit du korleis ¬det står til med meg. På vegen der eg ferdast, legg dei løynde snarer for meg. Eg ser til høgre og speidar, men ingen kjennest ved meg. Det finst ikkje utveg meir, ingen bryr seg om meg. Eg ropar til deg, Herre, og seier: Du er mi livd, min lut i landet åt dei levande. Akta på mitt klagerop, for eg er liten og hjelpelaus! Fri meg frå dei ¬som forfylgjer meg, dei har vorte meg for sterke. Før meg ut or fengslet, så eg kan prisa ditt namn! Dei rettferdige ventar på at du skal gjera vel imot meg. Ein Davids-salme. Herre, høyr mi bøn, vend øyra til mi inderlege bøn! Svar meg, du som er trufast ¬og rettferdig! Stemn ikkje meg, din tenar, ¬for retten! For ingen som lever, ¬er rettferdig for deg. Fienden forfylgjer meg, slår meg til jorda ¬og knuser meg. Han lèt meg sitja ¬i stummande mørker, lik dei som døydde ¬for lenge sidan. Mi ånd er utan kraft, mitt hjarta stivnar i brystet. Eg kjem gamle dagar i hug, eg tenkjer ¬på alle dine gjerningar og grundar på det verk ¬du har gjort. Eg retter ut mine hender ¬til deg, eg lengtar etter deg som jorda tyrstar etter vatn. Skund deg og svar meg, Herre, elles går mi ånd til grunne. Løyn ikkje ditt andlet for meg, elles vert eg lik dei ¬som har gått i grav. Lat meg høyra om di miskunn ¬om morgonen, for eg set mi lit til deg! Lær meg den veg eg skal gå, for eg lyfter mi sjel til deg. Fri meg frå mine fiendar, ¬Herre! Hjå deg søkjer eg livd. Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Lat din gode Ande leia meg på jamne stigar! Hald meg i live, Herre, til ære for ditt namn! Før meg i di rettferd ut or trengsla! Ryd ut mine fiendar, du som er trufast; gjer ende på ¬alle mine motstandarar! For eg er din tenar. Av David. Lova vere Herren, mitt berg, som lærer opp mine hender ¬til strid og mine fingrar til krig! Herre, mi miskunn og mi borg, mi festning ¬og min bergingsmann, mitt skjold, ¬som eg set mi lit til, du som legg folkeslag ¬under meg! Herre, kva er vel eit menneske, sidan du kjennest ved det, eit menneskebarn, ¬sidan du aktar på det? Mennesket er ¬som ein vindpust, dei dagar det lever, ¬som ein kvervande skugge. Herre, senk din himmel ¬og stig ned, rør ved fjella, så det ryk av dei! Lat lyna blinka, ¬så fiendane vert spreidde! Skyt dine piler, ¬så dei vert skræmde! Rett ut di hand frå det høge, fri meg og frels meg ¬frå det djupe vatnet, frå dei framande mennene, frå dei som brukar sin munn ¬til lygn og si høgre hand til svik. Gud, eg vil syngja ein ny song og spela for deg ¬på tistrengja harpe, du som gjev kongar siger og friar ut David, din tenar. Berg meg ¬frå det vonde sverdet, frels meg ¬frå dei framande mennene, frå dei som brukar ¬sin munn til lygn og si høgre hand til svik. Våre søner liknar planter, dei veks seg høge ¬i ungdoms år. Våre døtrer er som søyler, hogne ut i tempelstil. Våre stabbur er fulle, dei bognar av alle slag varer. Sauene våre ute på markene aukar til tusen, ja mange tusen. Når kyrne våre skal bera, hender det ikkje noko uhell, dei kalvar ikkje for tidleg. Ingen klagar og skrik ¬på våre gater. Sælt er det folket ¬som har det så, sælt er det folket ¬som har Herren til Gud! Ein lovsong av David. Eg vil lovsyngja deg, ¬min Gud og konge, og velsigna ditt namn ¬til evig tid. Eg vil lova deg ¬kvar einaste dag og prisa ditt namn til evig tid. Stor er Herren, ¬ja, høglova er han, uransakeleg er hans stordom. Ætt etter ætt ¬skal prisa di gjerning, fortelja om dei storverk ¬du gjer. Dei talar om din herlegdom ¬og høge majestet, eg grundar på dine under. Dei talar om ¬dine mektige gjerningar, eg fortel om dine storverk. Dei kallar fram minnet ¬om all din godleik og syng med fagnad ¬om di rettferd. Nådig og mild er Herren, langmodig og rik på miskunn. Herren er god mot alle, miskunnsam mot alle ¬sine skapningar. Heile din skapning takkar deg, ¬Herre, dei som held di pakt, ¬prisar deg. Dei talar om ditt herlege ¬kongedøme, fortel om di veldige kraft, så menneska skal få kjenna ¬ditt velde og den strålande herlegdomen ¬i ditt rike. Ditt rike står ¬gjennom alle tider, ditt herrevelde varer ¬frå ætt til ætt. Herren støttar kvar den ¬som fell, og reiser alle nedbøygde opp. Alle vender augo ventande ¬til deg, og du gjev dei mat i rette tid. Du opnar di hand ¬og mettar alt som lever, med det som godt er. Rettferdig er Herren ¬i all si ferd og trufast i alt det han gjer. Herren er nær ¬hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han. Han gjer det dei ynskjer, dei som har age for han, han høyrer deira rop ¬og frelser dei. Herren vernar alle ¬som elskar han, men dei gudlause ¬rydjar han ut. Eg vil lovsyngja Herren; til evig tid skal alt som lever, lova hans heilage namn. Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel! Eg vil lova Herren ¬så lenge eg lever, og syngja for min Gud ¬så lenge eg er til. Set ikkje lit til stormenn, til menneske, ¬som ikkje kan hjelpa. Når dei andast, ¬vert dei atter til jord, då er det ute med deira planar. Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar, og set si von til Herren ¬sin Gud, han som skapte himmelen ¬og jorda, havet og alt som i dei er. Herren er trufast til evig tid, han hjelper dei trælka ¬til deira rett. Herren gjev mat ¬til dei som svelt, og løyser dei som er bundne. Herren opnar augo på blinde og reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige og tek seg av innflyttarane. Herren held oppe ¬enkjer og farlause, men gjer vegen kroket ¬for dei gudlause. Herren er konge til evig tid, din Gud gjennom alle ætter, ¬Sion. Halleluja! Halleluja! Ja, det er godt å prisa vår Gud, det sømer seg ¬med fager lovsong. Herren byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk. Han lækjer dei ¬som har eit sundbrote hjarta, og fetlar deira verkjande sår. Han fastset talet på stjernene og gjev dei alle namn. Stor er vår Herre ¬og rik på kraft, hans skjøn er utan grense. Han held dei hjelpelause oppe, og bøyer dei vonde til jorda. Syng takkesong for Herren, spel på lyra for vår Gud! Han breier skyer ¬over himmelen, syter for regn til jorda og lèt graset gro på åsane. Herren gjev føde til dyra, til ramnungar som ropar. Han bryr seg ikkje ¬om hestens styrke og har ikkje hugnad ¬i snarføtt mann. Herren har hugnad i dei ¬som ottast han og ventar på hans miskunn. Lovpris Herren, Jerusalem, syng lovsong, Sion, ¬for din Gud! Han gjer dine portbommar ¬sterke og velsignar dine born. Han gjev lukke og fred ¬i ditt land og mettar deg ¬med den beste kveiten. Han sender sitt ord til jorda, ovsnøgt spring hans ord. Han lèt snøen falla som ull, strøyer ut rimet som støv. Han kastar sitt hagl ¬som smular; kven kan stå seg ¬for hans kulde? Han sender sitt ord ¬og smeltar snøen, lèt vinden blåsa ¬så vatnet renn. Han forkynte sitt ord for Jakob, sine føresegner og domar ¬for Israel. Det har han ikkje gjort ¬for andre folk, dei kjenner ikkje hans domar. Halleluja! Halleluja! Lovsyng Herren frå himmelen, lovsyng han i det høge! Lov han, alle hans englar, lov han, heile hans hær! Lov han, sol og måne, lov han, kvar lysande stjerne! Lov han, du høge himmel, du vatn oppover himmelen! Dei skal lova Herrens namn, for dei vart skapte ¬då han baud. Han lét dei få sin stad ¬for alltid og gav ei lov dei ikkje bryt. Lovsyng Herren frå jorda, de store sjødyr og alle havdjup, eld og hagl, snø og skodd, du storm som set hans ord ¬i verk! De fjell og alle haugar, frukttre og alle sedrar, de ville dyr og alle slag fe, krypdyr og flygande fuglar! De kongar på jord og alle folk, stormenn og styresmenn ¬i verda, de unge menn og kvinner, gamle folk og gutar! Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn ¬er opphøgt; hans herlegdom er utbreidd over himmel og jord. Stor kraft har han gjeve ¬sitt folk. Difor får han lovsong ¬frå alle sine trugne, frå Israel, det folket ¬som får vera han nær. Halleluja! Halleluja! Syng ein ny song for Herren, lovsyng han ¬der dei trugne er samla. Gjev Israel må gleda seg ¬over sin skapar, Sions søner jubla for sin konge. Dei skal prisa hans namn ¬med dans og spela for han ¬med pauke og lyre. For Herren har hugnad ¬i sitt folk, han kronar dei hjelpelause ¬med siger. Dei trugne skal jubla med ære og ropa av fagnad på si lege. Dei har lovsong til Gud ¬i sin munn og tvieggja sverd i si hand. Dei vil ta hemn over folkeslag og tukta folkeætter, binda kongane deira ¬med lekkjer og stormennene med jernband. Dei skal halda dom over dei, så som det står skrive, til ære for alle hans trugne. Halleluja! Halleluja! Lovsyng Gud i hans heilagdom, lovsyng han ¬i hans himmelborg! Lov han for hans mektige verk, lov han for hans store velde! Lov han med gjallande horn, lov han med harpe og lyre! Lov han med pauke og dans, lov han med strengespel ¬og fløyte! Lov han med tonande cymblar, lov han ¬med klingande cymblar! Alt som har ande, ¬skal lova Herren. Halleluja! Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel. Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom, så ein skjønar vitug tale og tek imot tukt ¬som gjev framgang, og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom. Dei gjev den urøynde klokskap og ungdomen kunnskap ¬og omtanke. Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom, den vituge lærer ¬å styra sin tanke, så han skjønar ordtak ¬og bilettale, ord av vismenn og ¬gåtene deira. Age for Herren ¬er opphav til kunnskap; dårar vanvørder ¬visdom og tukt. Høyr etter når far din ¬formanar deg, son, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg! For det er ein fager krans ¬om ditt hovud, ei kjede som pryder din hals. Fylg ikkje syndarar, son min, når dei lokkar deg, når dei seier: ¬«Kom og ver med oss! Vi vil liggja på lur og drepa, setja feller for skuldlause ¬utan grunn. Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket, la dei gå heilt til grunne lik dei som går i grav. Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna, fylla våre hus med røva gods. Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette, alle skal vi ¬ha same pengepungen.» Son min, slå ikkje lag ¬med dei, hald foten din borte ¬frå deira stig! Dei spring så lett ¬etter det som er vondt, og er snøgge til å renna ut blod. Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettet så alle fuglane ser det. Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv, dei set feller for seg sjølve. Så går det alle ¬som jagar etter vinning, det tek livet av dei. Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata, lèt røysta si lyda på alle torg. Midt i ståket ropar ho ut, tek til ords ¬i dei opne byportane: Kor lenge skal de godtrune elska godtruenskapen? Kor lenge skal spottarane ha glede av å spotta og dårane hata kunnskap? Vend dykk hit ¬når eg refser, så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykk og gjev dykk kjennskap ¬til mine ord. De ville ikkje høyra ¬når eg ropa, og ingen ansa ¬at eg rette ut handa; de brydde dykk ikkje ¬om mine råd og ville ikkje vita av ¬mine refsingsord. Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk, og spotta ¬når de vert slegne av redsle, når redsla fer fram ¬som eit uver, når ulukka kjem som ¬ein storm, og de vert ute ¬for trengsle og naud. Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje; dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje. Fordi dei hata kunnskap og ikkje valde å ottast ¬Herren, fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt råd og vanvørde ¬alle mine refsingsord, difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferd og mettast med det ¬dei sjølve har planlagt. Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet, tryggleiken ¬tyner dårane. Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygt og leva i fred ¬utan redsle for noko vondt. Son min, ta imot mine ord, og ta vare på mine bod, så du vender øyra til visdomen og freistar å skjøna ¬med heile din hug. Ja, berre kall på vitet, og rop etter skjøn ¬med høg røyst! Leit etter det som var det sølv, grundig som når ein grev ¬etter skattar. Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er, og vinna kjennskap til Gud. For det er Herren ¬som gjev visdom, frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn. Han lèt dei ærlege ¬ha framgang, er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd. Han vernar dei stigar ¬der retten rår, og vaktar vegen ¬for sine trugne. Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett, på rettvise og all god framferd. For du skal få visdom i hjarta, og kunnskap ¬skal gjera deg glad. Ettertanke skal vakta deg og godt skjøn verna deg. Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen, frå folk som fer ¬med rang tale, frå dei som går bort ¬frå dei rette stigar og held seg til mørke vegar. Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt, og fegnast over ¬det vonde og vrange. Dei ferdast på krokete stigar, går seg bort på sine vegar. Visdom skal fria deg ¬frå annan manns kone, frå framand kvinne ¬som lokkar så fint, ho som har svike ¬sin ungdoms ven og gløymt den lovnad ¬ho gav sin Gud. Huset hennar ¬sig ned til dødsriket, vegen hennar ¬fører ned til dei døde. Dei som går inn til henne, ¬kjem aldri att, dei når ikkje fram ¬til livsens stigar. Men visdom ¬skal hjelpa deg til å fylgja den vegen ¬der dei gode går, og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast. For dei rettvise ¬skal bu i landet, dei ærlege skal få vera der. Men dei gudlause ¬skal rydjast ut og svikarane rivast bort ¬frå landet. Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min, ta vare på mine bod i ditt hjarta! For dei gjev deg ¬mange dagar og år og gjer di lukke større. Lat aldri godleik ¬og truskap fara, men bind dei om din hals, og skriv dei på di hjartetavle! Då får Gud og menneske ¬godvilje for deg og held deg for ein vitug mann. Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit! Tenk på han ¬kvar du ferdast, så gjer han dine stigar jamne. Ver ikkje klok i eigne augo, ha age for Herren, og hald deg frå det ¬som er vondt! Det vert til helsebot ¬for kroppen og gjev deg kraft ¬i merg og bein. Æra Herren med det du eig, med fyrstegrøda ¬av all di avling. Då vert di matbu rikeleg fylt, og druesafta renn over ¬i kummane dine. Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt, miss ikkje motet når han refser! For Herren tuktar ¬den han elskar, som ein far refser ¬den son han har kjær. Sæl er den som finn visdom, det menneske ¬som vinn godt skjøn. Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, ¬er større enn gull. Dyrare er han enn perler, av alle dine skattar ¬er ingen som den. I si høgre hand ¬har han langt liv, i si venstre rikdom og ære. På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara, alle hans stigar fører til fred. Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han, sæle er dei ¬som held fast på han. Herren grunnla jorda ¬med visdom og reiste himmelen med skjøn. Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa fram og dogga drypa frå skyene. Ta vare på klokskap ¬og omtanke, og slepp dei ikkje or syne, son! Då skal dei vera til liv for deg, ei fager kjede om halsen din. Då kan du vandra trygt ¬på din veg og ikkje støyta foten mot noko. Du er ikkje redd ¬når du går til ro, når du har lagt deg, ¬søv du så godt. Du treng ikkje reddast ¬for støkk, for stormen som kjem ¬over dei vonde. For du kan setja di lit ¬til Herren, han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara. Gjer vel mot dei som treng det, nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt! Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg, og kom att i morgon, ¬så skal du få!» – så sant du har noko ¬å gje han no. Legg ikkje vonde planar ¬mot din neste som bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg. Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn, når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt. Misunn ikkje den ¬som brukar vald, vel ikkje å fylgja i hans fotefar! Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren, men med dei ærlege ¬har han samfunn. Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause, men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han. Spottarar svarar han ¬med spott, men dei audmjuke ¬gjev han nåde. Vise menn vinn ære, men dårar får stor skam. Lyd etter, born, når far dykkar formanar, høyr på han, så lærer de skjøn! God er den lærdom ¬eg gjev dykk. Vik ikkje av frå mi rettleiing! Då eg var barn ¬og budde hjå far, var einaste småguten ¬heime hjå mor, då lærte han meg og sa: «Lat hugen din halda fast ¬på mine ord, hald mine bod, ¬så skal du leva!» Få deg visdom og kjøp deg vit, gløym ikkje det eg har sagt, og vik ikkje av frå det! Gå ikkje bort frå visdomen, ¬så vaktar han deg, hald av han, så vernar han deg. Vil du få visdom, så kjøp han, bruk alt det du eig ¬til å vinna vit! Set visdomen høgt, ¬så lyfter han deg; tek du han til deg, ¬gjev han deg ære. Han set ein fager krans ¬på ditt hovud og gjev deg ei strålande krone. Høyr etter, son, ¬ta imot mine ord, så vert dine leveår mange. Eg lærer deg visdoms veg og fører deg på dei rette stigar. Når du går, ¬skal ingenting hindra foten, og når du spring, ¬skal du aldri snåva. Hald alltid fast ¬på det du har lært, ta vare på det, for det er ditt liv. Slå ikkje inn ¬på gudløysings stig, fylg ikkje vegen dei vonde går. Sky han og hald deg unna, vend deg frå han og ¬gå utanom! Dei gudlause får ikkje sova utan at dei har gjort ¬eitkvart vondt; dei misser svevnen om dei ikkje har fått ¬einkvan til å falla. For vondskap er maten dei et, og valdsferd er vinen ¬dei drikk. Men stigen åt dei rettferdige ¬er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare ¬til det er ljos dag. Men den vegen dei vonde går, ¬er som kolmørkret; dei veit ikkje kva dei snåvar i. Lyd på det eg seier, son min, vend øyra til og høyr mine ord! Slepp dei aldri ut or syne, gøym dei djupt i hjarta! For dei er liv ¬for den som finn dei, og helsebot for heile kroppen. Ta vare på hjarta ¬framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det. Hald deg frå falske ord, bruk aldri lippene til svik! Lat augo dine sjå beint fram, fest blikket på det ¬som ligg framføre deg! Legg merke til ¬dei far du skal fylgja, hald heile vegen stø kurs! Vik ikkje av ¬til høgre eller venstre, hald foten din ¬frå det som er vondt! Son min, gjev akt på ¬min visdom, vend øyra til mitt skjøn! Så kan du ta vare på gode råd og vakta på kunnskapen ¬når du talar. Framand kvinne ¬har honning på lippa, sleipare enn olje ¬er hennar tunge. Men til sist er ho beisk ¬som malurt og kvass ¬som eit tvieggja sverd. Hennar fotsteg fører til døden, til dødsriket går hennar fet. Ho aktar ikkje på livsens stig, ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje. Så høyr på meg, mine born, vik ikkje av frå dei ord eg talar! Hald deg unna ¬annan manns kone, kom ikkje nær hennar dør! Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre, dine beste år ¬til ein nådelaus herre. Framande får metta seg ¬av det du eig, det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus. Så må du stynja i di ¬siste stund, når kroppen og holdet ¬tærest bort, og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tukt og ikkje bry meg om refsing! Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg, og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg. Det hadde nær gått ille ¬med meg då folket var samla til ting.» Drikk or din eigen brunn, rennande vatn ¬or di eiga kjelde! Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata, bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar! Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølv og ikkje dela dei med andre. Då skal kjelda di vera velsigna. Gled deg over ¬din ungdoms kone, den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell! Fryd deg støtt ¬ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør! Son min! Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør, kvifor ta framand kvinne ¬i famn? Herren ser kvar mannen går, gjev akt på alle hans stigar. Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd, syndene held han fast ¬som snarer. Han må døy ¬fordi han ikkje får tukt, i sin store dårskap ¬går han til grunne. Son min, har du borga ¬for nesten din og gjeve handslag ¬til ein framand, har du bunde deg med ord, er du fanga av det du har sagt, så gjer då dette ¬og berga deg, son, sidan nesten din ¬har fått makt over deg: Gå straks av stad ¬og treng inn på mannen, unn deg ikkje blund på augo, og lat ikkje augneloka kvila! Fri deg som ein gasell ¬frå fangstmannen, som ein fugl frå jegerens hand! Gå til mauren, du late, sjå på hans strev og vert vis! Han har ingen hovding, korkje tilsynsmann eller herre, men syter for mat ¬om sommaren og samlar inn føde ¬om hausten. Kor lenge vil du liggja, du late, når vil du vakna og stå opp? «Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund, leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!» Då kjem fattigdom på deg ¬som farande fant og nauda som velvæpna mann. Ein niding og ugjerningsmann ¬er den som går ikring ¬med lygn på tunga, som blunkar med augo, ¬skrapar med foten og gjer teikn med fingrane. Han har planar ¬om å øydeleggja og har alltid vondt i tankar; slik skaper han trette og strid. Difor kjem ulukka ¬over han brått, med eitt vert han knust ¬og kan ikkje lækjast. Seks er dei ting ¬som Herren hatar, og sju er ein styggedom ¬for han: hovmodige augo ¬og svikefull tunge, hender som renner ut ¬skuldlaust blod, eit hjarta som legg ¬vonde planar, føter som spring ¬etter det som er vondt, falske vitne som fer med lygn og skaper strid mellom brør. Son min, hald dei bod ¬som far din gav deg, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg! Knyt dei alltid til hjarta ditt, og bind dei fast om halsen din! Når du går, skal dei leia deg, når du ligg, skal dei verna deg, og når du vaknar, ¬skal dei tala til deg. For bodet er ei lykt ¬og læra eit ljos, refsing og tukt ¬er ein veg til livet. Dei skal verna deg ¬mot vond kvinne, mot den sleipe tunga ¬åt framand kvinne. Trå ikkje etter hennar venleik, lat deg ikkje fanga ¬av hennar strålande augo! Ei hore kan du få ¬for ein brødleiv; men ei gift kvinne driv jakt på dyre menneskeliv. Kan nokon sanka glør i fanget utan at kleda tek til å brenna? Eller kan nokon gå på glør utan å svida føtene? Så går det den som ligg med kona ¬åt nesten sin. Ingen som rører henne, kjem ustraffa frå det. Vert ikkje tjuven vanvørd når han stel for å stilla svolten? Vert han gripen, ¬må han bøta sjudobbelt, han må gje frå seg ¬alt det han har i huset. Tankelaus er den ¬som driv hor med ei kvinne, den som gjer slikt, ¬øydelegg seg sjølv. Skam og skade får han, og ingen stryk ut hans vanære. For svartsykja brenn ¬i ektemannen, han er ikkje mild ¬den dagen han tek hemn. Han bryr seg ikkje ¬om løysepengar, og tek ikkje imot ¬om du byd han store gåver. Son min, ta vare ¬på mine ord, gøym mine bod i din hug! Ta vare på mine bod, ¬så skal du leva, og på mi lære ¬som din augnestein! Bind dei fast ¬til fingrane dine, og skriv dei på di hjartetavle! Sei til visdomen: ¬«Du er mi syster,» og kall vitet din frende! Så vaktar dei deg ¬mot annan manns kone, mot framand kvinne ¬som lokkar så fint. Ein gong såg eg ut ¬gjennom glaset, kikka ut gjennom gluggen. Då såg eg mellom dei unge ¬ein tankelaus gut, eg merka meg han ¬blant dei urøynde menn. Han gjekk framom på gata ¬ved hennar hjørne, gjekk og dreiv på vegen ¬ved hennar hus. Det var i skumringa, ¬då det kvelda, på den tid nattemørkret ¬fell på. Då kjem kvinna imot han i skjøkjebunad ¬og med listige planar. Ho er så rastlaus og ustyrleg, ho kan ikkje halda seg ¬roleg heime. Snart er ho på gata ¬og snart på torget, ho står på lur ¬ved kvart gatehjørne. Så tek ho tak i han, ¬kysser han og seier til han ¬med frekk mine: «Eg skulle bera fram ¬eit måltidsoffer, og no har eg gjort det eg lova. Så gjekk eg ut ¬til møtes med deg, eg leita etter deg ¬og fann deg. Eg har lagt teppe på mi seng, fargerikt lin frå Egypt, og over mi lege har eg strøytt myrra, aloë og kanel. Kom, lat oss nyta ¬kjærleiksrusen, hyggja oss i elskhug ¬til morgonen gryr. For mannen min er ikkje heime, han er ute på langferd. Pengepungen tok han ¬med seg, fyrst ved fullmånetid ¬kjem han heim.» Ho vann han ¬med lokkande ord, med falske lipper ¬forførte ho han. Han fylgjer etter henne ¬med det same, lik ein okse dei fører ¬til slakting, eller ein hjort som går i fella, til pila borar seg inn i levra; han liknar fuglen ¬som flyg i snara og ikkje skjønar ¬at det gjeld livet. Så høyr no på meg, mine born, lyd på orda frå min munn! Lat deg ikkje lokka til å velja dei vegar framand kvinne går, villa deg ikkje inn ¬på hennar stigar! For mange har ho gjeve ¬banesår, talrike er dei ho har felt. Frå hennar hus ¬går vegar til dødsriket, dei fører til dødens mørke rom. Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar, og vitet lyfter si røyst! Ho står på bakketoppane ¬ved vegen, nett der stigane møtest. Attmed portane ¬som fører inn i byen, attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt: Eg ropar til dykk, godt folk, til menneska lyder mi røyst. Lær dykk klokskap, ¬de urøynde, få vit, de dårar! Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om, frå munnen min ¬kjem rettvise ord. Mi tunge talar sanning, og lippene styggjest ¬ved det som er vondt. Kvart ord frå min munn ¬er rett, det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei. Dei er endeframme ¬for den vituge, lette å skjøna ¬for den som har kunnskap. Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv, den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull. For visdom er betre enn perler, av alle skattar er ingen ¬som den. Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne, eg har kunnskap ¬og gjev gode råd. Age for Herren ¬er å hata det vonde. Eg hatar hovmod og storlæte, stygg åtferd og svikefull tale. Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang, eg har vit og styrke. Ved meg kan kongar råda og fyrstar fastsetja ¬kva som er rett. Ved meg kan stormenn styra og alle hovdingar ¬døma rettferdig. Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar etter meg, ¬finn meg. Hjå meg er rikdom og ære, gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning. Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull, mi vinning betre ¬enn utvalt sølv. Eg går på rettferds veg, held meg midt på ¬dei rette stigar. Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg, og fyller deira forrådsrom. Herren skapte meg fyrst av alt, eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid. I opphavet vart eg forma, i fyrstninga, før jorda vart til. Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd, før kjeldene fyltest med vatn. Før fjella vart sette på plass, før alle haugar vart eg fødd, før Herren hadde skapt ¬jord og marker og den fyrste mold på jorda. Eg var der ¬då han reiste himmelen og spente kvelven over djupet, då han samla skyene der oppe og lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt. Då han sette grense for havet, så vatnet stansa der han baud, og han la grunnvoll ¬under jorda, då var eg bygningsmann ¬hjå han. Eg var til glede for han ¬dag etter dag og leika meg støtt ¬for hans åsyn. Eg leika på heile hans vide jord og hadde min hugnad ¬i menneskeborna. Så høyr no på meg, mine born! Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar. Høyr på mi formaning, og slå ikkje vrak på den! Så vert de vise. Sæl er den som høyrer på meg, som dagleg vaker ¬ved mine dører og held vakt ved mine portar. For den som finn meg, ¬finn livet og får nåde hjå Herren. Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv; alle som hatar meg, ¬elskar døden. Visdomsmøya ¬har bygt seg hus og hogge til sine sju søyler. Ho har slakta fe, blanda vin og duka bordet. Ho har sendt ut sine jenter og ropar oppe ¬frå byens høgder: «Hit kan den urøynde ¬venda seg.» Og til den tankelause seier ho: «Kom og et av min mat og drikk av den vin ¬eg har blanda. Lat tankeløysa fara, ¬så skal de leva, gå fram på den vegen ¬vitet viser!» Den som åtvarar ein spottar, ¬får skam, den som refser ein gudlaus, ¬lid skade. Refs ikkje spottaren, ¬for då vil han hata deg, refs heller den vise, ¬så elskar han deg. Lær den vise, ¬så vert han visare, lær den rettferdige, ¬så aukar han sin kunnskap. Age for Herren ¬er opphav til visdom, å kjenna Den Heilage er vit. Mange dagar vil eg gje deg, og leveår får du i rikt mål. Er du vis, så gagnar det deg; spottar du, ¬må du lida for det sjølv. Dårskapen er ¬ei vinglande kvinne, lauslyndt og vitlaus er ho. Ho sit utfor husdøra si, på ein stol høgt oppe i byen. Ho ropar til dei ¬som ferdast på vegen, som går sine stigar beint fram: «Hit kan den urøynde ¬venda seg.» Og til den tankelause seier ho: «Stole vatn smakar godt, og herleg er maten ¬ein et i løynd.» Men han skjønar ikkje ¬at der held daudingar til, at dei som gjestar henne, ¬går til helheims djup. Ordtøke av Salomo. Ein klok son ¬er til glede for far sin, men ein uvitug son ¬er mor si til sorg. Gagnlause er skattar ¬vunne med urett, men rettferd bergar frå døden. Herren lèt ikkje ¬den rettferdige svelta, men seier nei ¬når dei gudlause krev. Fattig vert den ¬som er lat i sitt arbeid, men strevsam hand gjer rik. Klok er den som samlar i hus ¬om sommaren, skam får den ¬som søv i skurdonna. Over hovudet ¬på den rettferdige kjem velsigning frå Herren, men munnen åt gudlause ¬løyner vald. Velsigna er minnet ¬om den rettferdige, men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort. Klok er den ¬som tek boda til seg, men den som fer ¬med dumt snakk, fell. Trygt går den ¬som er heil i si ferd, men den som går krokvegar, ¬vert gripen. Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade, den som fer ¬med dumt snakk, fell. Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv, men munnen åt gudlause ¬løyner vald. Hat vekkjer strid og trette, men kjærleik løyner alle brot. På vitug manns lipper ¬er visdom å finna, men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause. Dei vise samlar på kunnskap; når dåren talar, er ulukka nær. Rikmanns gods ¬er hans faste borg, armod er ulukka for dei fattige. Det den rettvise tener, gjev liv, det den gudlause vinn, ¬fører til synd. Å akta på tukt ¬er ein veg til liv, den som vanvørder refsing, ¬går seg bort. Den som løyner hat, ¬har falske lipper, ein dåre er den ¬som fer med slarv. Den som talar mykje, ¬syndar lett, klok er den som tøymer tunga. Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv, det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt. Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange, men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit. Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik, eige strev legg ingenting til. Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren, den vituge gleder seg ¬over visdom. Det den gudlause reddast, ¬kjem over han, dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter. Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte, rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer. Som eddik for tennene ¬og røyk for augo er den late tenaren ¬for sin herre. Age for Herren forlengjer livet, men gudlause menn ¬får færre år. Rettferdige menneske ¬har glede i vente, men vona kverv ¬for dei gudlause. Herrens veg ¬er eit vern for dei ærlege, men ugjerningsmenn ¬går til grunne der. Den rettferdige ¬skal alltid stå støtt, men dei gudlause ¬får ikkje bu i landet. Rettferdig manns munn ¬ber visdoms frukt, men falske tunger ¬skal skjerast av. Den rettferdige veit ¬å velja høvande ord, falskt er alt ¬det dei gudlause seier. Falsk vekt er ein ¬styggedom for Herren, men han gleder seg ¬over fullvektige lodd. Med hovmod fylgjer skam, men dei audmjuke har visdom. Dei ærlege ¬har si rettvise til førar, men uærlegdom ¬gjer ende på svikarane. Gods gagnar ikkje ¬på vreidedagen, men rettferd bergar frå døden. Rettferd jamnar vegen ¬for ein heidersmann, den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap. Dei ærlege vert berga ¬av si rettferd, svikarar vert fanga ¬av si eiga lyst. Når den gudlause døyr, ¬er vona ute, dei vonde har ikkje noko godt ¬i vente. Den rettferdige vert berga ¬or trengsle, men den gudlause kjem ¬i naud. Den gudlause skader ¬sin neste med munnen, dei rettferdige bergar seg ¬med sitt skjøn. Går det godt for dei rettvise, ¬jublar byen, går dei vonde til grunne, ¬er gleda stor. Når dei ærlege velsignar, ¬kjem byen seg opp, talen åt dei gudlause ¬legg han i røys. Tankelaus er den ¬som vanvørder sin neste, ein vitug mann teier stilt. Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, ein påliteleg mann ¬held saka for seg sjølv. Eit folk utan klokt styre fell, når mange gjev gode råd, ¬kan det bergast. Den som borgar ¬for ein framand, får svi for det, den som nektar å gje handslag, ¬er trygg. Ei elskeleg kvinne vinn ære, dei strevsame ¬samlar seg rikdom. Den som er velviljug, ¬har gagn av det, den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv. Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn, den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer. Strev etter rettferd gjev liv, jag etter vondskap ¬fører til døden. Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik, men godhug for den ¬som er heil i si ferd. Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff, men ætta åt dei rettferdige ¬går fri. Som ein gullring ¬i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit. Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke, dei vonde har vreidedomen ¬i vente. Éin strøyer ut ¬og får likevel meir, ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud. Den som spreier velsigning, ¬trivst, den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv. Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket, men velsigning kjem ¬over den som vil selja. Den som strevar etter ¬det gode, søkjer det Herren synest om. Men den som legg vinn ¬på det vonde, han får det over seg sjølv. Den som lit på sin rikdom, fell, dei rettferdige er ¬som lauvet når det sprett. Den som ikkje steller sitt hus, ¬haustar vind, dåren må træla ¬for den som er vis. Rettferds frukt ¬er som livsens tre, men valdsferd gjer ende på liv. Når ein rettferdig mann ¬får si løn på jorda, kor mykje meir då ein niding ¬og syndar! Den som elskar tukt, ¬elskar kunnskap, dum er den ¬som mislikar refsing. Den som er god, ¬får nåde hjå Herren, men den som fer med svik, ¬vert dømd skuldig. Med vondskap ¬står ingen støtt, men rota åt dei rettferdige ¬kan ingen rikka. Dugande kone ¬er ei krone for mannen, duglaus kvinne ¬er som verk i hans bein. Dei rettferdige tenkjer ¬på det som er rett, dei vonde ¬legg svikefulle planar. Det dei gudlause talar, ¬er eit livsfarleg bakhald, dei ærlege vert berga ¬med det dei seier. Dei gudlause vert kasta i koll ¬og kjem bort, men husa åt dei rettferdige ¬står støtt. Ein mann får ros ¬når han er klok, den som tenkjer vrangt, ¬kjem i vanvørdnad. Betre å arbeida ¬for sitt brød utan ære enn å spela storkar ¬og vanta mat. Den rettferdige ¬har omsut for buskapen sin, men dei gudlause ¬er harde i hugen. Den som dyrkar si jord, ¬kan eta seg mett, tankelaus er den som jagar ¬etter fåfengde ting. Det dei gudlause har lyst til, ¬er eit vondskaps garn, men dei rettferdige har fast rot. Svikefulle ord ¬vert ei felle for den vonde, den rettferdige slepp ut ¬or nauda. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram, eit menneske får att ¬for det det har gjort. Dåren held sin eigen veg ¬for den rette, men vis er den ¬som høyrer på råd. Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen, klok er den som teier ¬når han vert krenkt. Den som seier sanninga, ¬talar rett, falske vitne fer med svik. Tankelaus tale stikk som sverd, men vismenn har lækjedom ¬på tunga. Den som talar sant, ¬står seg for alltid, men lygnaren ¬berre ei lita stund. Dei som emnar på vondt, ¬har svik i hjarta, men glede får dei ¬som rår til fred. Dei rettvise ¬kjem ikkje ut for noko vondt, men dei gudlause ¬ber ulukka i seg. Herren styggjest ved den ¬som har lygn på lippene, men har godhug for dei ¬som fer ærleg fram. Ein klok mann døl det han veit, dåren ropar ut sin dårskap. Den som er strevsam ¬med handa, får styra, men latskap gjer mannen ¬til træl. Sorg og sut ¬gjer mannen tung om hjarta, men gode ord gjer han glad. Den rettferdige rettleier ¬sin neste, men vegen dei gudlause går, ¬fører vilt. Den late får ikkje tak i sitt vilt, men dyr er skatten ¬den annsame får. På rettferds stig er livet å finna, den vegen fører ikkje ¬til døden. Ein klok son ¬lèt seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje ¬på skjenn. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram, dei trulause trår etter vald. Den som aktar sin munn, ¬tek vare på livet, den som er stor i munnen, ¬skader seg sjølv. Den late vil ha, ¬men får ikkje noko, den annsame får ¬det han ynskjer seg. Den rettvise hatar usann tale, den gudlause ber seg ¬stygt og skamlaust åt. Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd, men gudløyse fører ¬ein syndar til fall. Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting, ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje. Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom, ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål. Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt, men lampa åt dei gudlause ¬sloknar. Hovmod fører berre til trette, kloke er dei som tek imot råd. Lettvunnen rikdom ¬minkar snart, den som samlar litt etter litt, ¬får mykje. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta, som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv, den som ottast bodet, får løn. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv, ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer. Den som har godt vit, ¬vinn velvilje, men svikarars veg ¬fører til ulukke. Den som er klok, ¬fer fram med vit, men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap. Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke, med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom. Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt, men ære får den ¬som aktar på refsing. Eit oppfylt ynske ¬gjer sjela godt, å vika frå vondskap ¬er ei gru for dårar. Den som held lag ¬med vismenn, vert vis, men dårars ven går det ille. Ulukke forfylgjer syndarar, dei rettferdige får lukke til løn. Ein god mann lèt etter seg arv ¬til barneborn, men det syndaren eig, ¬er spart til den rettvise. Fattigfolks nybrot ¬gjev rikeleg føde, men ho går tapt når uretten rår. Den som sparer på riset, ¬hatar son sin, den som elskar han, ¬tuktar han tidleg. Den rettvise får eta seg mett, men dei gudlause må gå ¬med magen tom. Kvinnevisdom ¬byggjer huset, men dårskap ¬riv det ned med hendene. Den som ferdast rett, ¬har age for Herren, den som går krokvegar, ¬vanvørder han. Dårens munn ¬vert eit ris for hans hovmod, men for vismenn ¬er lippene eit vern. Utan oksar er krubba tom, med sterke stutar ¬fylgjer stor avling. Eit ærleg vitne lyg ikkje, men falske vitne fer med lygn. Ein spottar søkjer visdom, ¬men finn han ikkje; for den som er klok, ¬er det lett å få kunnskap. Hald deg borte ¬frå dumme menn, du finn ikkje vit ¬på lippene deira. Det er klok manns visdom ¬at han kjenner sin veg, og dårars dårskap ¬at dei narrar seg sjølve. Dårane spottar skuldofferet, men velvilje rår ¬mellom ærlege folk. Hjarta kjenner si eiga sorg, og ingen annan ¬er med det i gleda. Gudlause folk ¬får sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ¬ser teltet sitt bløma. Om mannen meiner ¬at vegen er rett, kan han likevel enda i døden. Jamvel når ein ler, ¬kan hjarta lida, og gleda endar ofte med sorg. Den fråfalne får att for si ferd, og ein god mann ¬held seg borte frå han. Ein godtruen mann ¬trur alt som vert sagt, den kloke gjev akt på sine steg. Den vise ottast ¬og skyr det vonde, dåren går på ¬og kjenner seg trygg. Den som er bråsint, ¬gjer dumme ting, den som tenkjer seg om, ¬vert mislikt. Det dei godtrune får, ¬er dårskap, men dei kloke vert krona ¬med kunnskap. Dei vonde må bøya seg ¬for dei gode, dei gudlause står ved dørene ¬åt dei rettferdige. Jamvel av vener ¬vert den fattige hata, men mange er dei ¬som elskar den rike. Synd gjer den ¬som vanvørder sin neste, sæl er den som har medynk ¬med armingar. Dei som tenkjer ut vondt, ¬fer vilt, dei som har godt i tankar, ¬møter miskunn og truskap. Alt strev fører vinning ¬med seg, men tomt snakk gjev berre tap. Dei vise vert krona ¬med rikdom, dårars dårskap ¬er alltid dårskap. Eit ærleg vitne bergar liv, men ein svikar er den ¬som fer med lygn. Den som ottast Herren, ¬har eit trygt vern, og for hans born er det livd. Age for Herren ¬er ei kjelde til liv, ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer. Mykje folk ¬er ei ære for kongen, men for lite folk ¬gjer at fyrsten fell. Visleg mann har godt skjøn, bråsinne er den største ¬dårskap. Ro i hugen gjev kroppen liv, lidenskap er som rotenskap ¬i bein. Den som er hard ¬med ein arming, spottar hans skapar, den som er mild mot dei ¬fattige, ærar Gud. Den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap, i sin ærlegdom ¬finn den rettferdige livd. I klok manns hjarta ¬finn visdomen ro, men hjå dårar ¬gjev han seg til kjenne. Rettferd lyfter eit folk, men synd er ei skam for folka. Kongen likar den kloke tenar, men harmast på den ¬som skjemmer seg ut. Eit mildt svar ¬døyver sinne, sårande ord vekkjer vreide. Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap, men dårskap strøymer ¬frå dårars munn. Herrens augo er alle stader, dei vaker over vonde ¬og gode. Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre, men lygn på tunga ¬gjev hjartesår. Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin, klok er den ¬som aktar på refsing. I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom; det den gudlause vinn, ¬går tapt. Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap, men dårens hjarta er ikkje rett. Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot. Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren, men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd. Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen, den som hatar refsing, må døy. Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren, kor mykje meir ¬då menneskehjarta. Spottaren mislikar refsing, til dei vise går han ikkje. Glede i hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg gjer motlaus. Vitug mann søkjer kunnskap, men dårar fer berre ¬med dårskap. For ein arming ¬er dagane vonde, men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod. Betre er lite med otte ¬for Herren enn stor rikdom med uro attåt. Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleik enn oksesteik med hat attåt. Bråsint mann ¬valdar strid og trette, den langmodige ¬får striden til å stilna. For den late er vegen ¬som eit klungergjerde, men jamn er stigen ¬for dei ærlege. Ein klok son ¬er til glede for far sin, ein dum mann ¬vanvørder mor si. Den tankelause ¬har glede av dårskap, den vituge går beint fram. Utan rådlegging ¬mislukkast planane, men når mange gjev råd, ¬har dei framgang. Mannen gled seg ¬når munnen kan svara. Kor godt med eit ord i rette tid! For den kloke ¬fører livsvegen oppover, og då slepp han unna ¬dødsriket der nede. Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige, enkjer lèt han få ha si jord. Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine. Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr, men den som hatar muter, ¬får leva. Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar, men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause. Herren er langt borte ¬frå dei vonde, men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige. Lysande augo gjer hugen glad, god bodskap gjev merg i bein. Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet, held ein gjerne lag med dei vise. Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv, den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn. Age for Herren ¬manar til visdom, føre ære går audmykt. Mennesket legg planar, men ordet på tunga ¬kjem frå Herren. Ein mann kan synast ¬at hans ferd er rein, men Herren prøver ¬menneskeånda. Lat Herren ta seg av ¬alt ditt verk, så skal planane dine lukkast. Alt det Herren har skapt, ¬har eit føremål, gudløysings lagnad ¬er ulukkedagen. Kvar hovmodig mann ¬er ein styggedom for Herren. Ver trygg, ¬han slepp ikkje straff! Med miskunn og truskap ¬vert synda sona, den som har age for Herren, ¬held seg frå det vonde. Har Herren hugnad ¬i ein manns ferd, lèt han jamvel hans fiendar ¬halda fred med han. Betre er lite med rettferd enn stor vinning med urett. I hjarta tenkjer mannen ¬ut si ferd, men Herren styrer hans steg. Det er kongens ord ¬som avgjer ei sak, han tek ikkje feil ¬når han dømer. Rett vekt og vektskål ¬krev Herren, og alle vektlodd vedkjem han. Nidingsdåd ¬er ein styggedom for kongar, rettferd tryggjer trona. Kongen likar rettferdige ¬lipper, han elskar den som talar rett. Kongens harme ¬ber bod om død, men ein vismann ¬kan stilla harmen. Når kongens andlet lyser, ¬er livet berga. Hans velvilje ¬er som ei sky med vårregn. Å vinna visdom ¬er betre enn gull, å få vit er meir verdt enn sølv. Den kongsveg dei ærlege går, ¬er å vika frå det vonde, den som aktar på si ferd, ¬tek vare på livet. Stormod fører til undergang, hovmod står for fall. Betre å vera audmjuk ¬med armingar enn å dela hærfang ¬med dei stolte. Den som aktar på ordet, ¬finn lukke, sæl er den som lit på Herren. Klok kallar dei den ¬som har visdom i hjarta, veltalande ord ¬aukar eins lærdom. Den som har skjøn, ¬har ei kjelde til liv, dårskap er den lærdom ¬dårar får. Visdom i hjarta ¬gjev klokskap i tale, ein får meir og meir kunnskap ¬å bera fram. Milde ord ¬er som drypande honning, søte for sjela ¬og sunne for kroppen. Om mannen meiner ¬at vegen er rett, kan han likevel enda i døden. Svolten får mannen ¬til å arbeida, mathugen driv han fram. Nidingen grev ei ulukkegrav, det brenn som eld ¬på hans lipper. Ein renkesmed skaper strid, den som baktalar andre, ¬skil ven frå ven. Valdsmannen lokkar sin neste og fører han inn ¬på ein farleg veg. Når ein mann knip augo i hop, tenkjer han på ¬svikefull gjerning; og når han ¬pressar lippene saman, set han ulukka i verk. Grått hår er ein fager krans, på rettferds veg ¬vert han vunnen. Ein visleg mann ¬er betre enn ei kjempe; den som styrer sin hug, er betre enn den ¬som tek ein by. Dei rister terningen i fanget, men avgjersla ¬kjem alltid frå Herren. Ein turr brødbit ¬i ro og fred er betre enn festmåltid ¬med trette i huset. Det kan henda at ein klok træl får råda over ein uvisleg son og får dela arven med brørne. Sølvet smeltar dei i digelen og gullet i smelteomnen, men hjarto er det Herren ¬som prøver. Ugjerningsmannen ¬aktar på vonde tunger, lygnaren høyrer ¬på skadeleg snakk. Den som spottar den fattige, ¬hånar hans skapar, den som gleder seg over ¬ulukke, slepp ikkje straff. Barneborn er ei krone ¬for dei gamle, og borna er stolte ¬av fedrane sine. Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord, enn mindre for ein stormann ¬å lyga. Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren, kvar han vender seg, ¬går det han godt. Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap, den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven. Skjenn har betre verknad ¬på den vituge enn hundre slag på dåren. Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør, men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han. Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar, enn å møta ein dåre, ¬dum som han er. Når nokon løner godt ¬med vondt, skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans. Å yppa strid ¬er som å opna for vatn. Hald opp før tretta bryt laus! Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdig er ein styggedom for Herren. Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren? Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit? Ein ven viser alltid kjærleik, og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud. Tankelaus er den ¬som gjev handslag og borgar for nesten sin. Den som likar trette, ¬likar synd; og den som lagar ¬ei stor dør, søkjer sin eigen undergang. Det falske hjarta ¬finn inga lukke, er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud. Sorg får den ¬som har ein dåre til son, far til ein narr har inga glede. Glede i hjarta gjev god helse, mismod tærer på merg ¬og bein. Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme, med dei vil han rengja retten. Den kloke har visdom for auga, men dårens augo ¬når til heimsens ende. Ein uvitug son argar far sin, er til beisk sorg ¬for henne som fødde han. Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot, men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett. Klok er den som sparer ¬på orda, den kaldblodige ¬er ein vitug mann. Når dåren teier, ¬går han òg for vis, når han held munn, ¬gjeld han for klok. Ein einstøing ¬fylgjer sin eigen hug, med stort hell yppar han strid. Dåren bryr seg ikkje ¬om godt skjøn, han vil visa ¬kva han tenkjer sjølv. Kjem gudlaus mann, ¬kjem vanvørdnad òg, og med skam fylgjer spott. Ein manns ord ¬er som djupt vatn, og visdoms kjelde ¬er ein bekk som vell fram. Det er ille ¬å halda med skuldig mann og driva den rettferdige ¬bort frå retten. Dårens lipper valdar strid, og munnen hans ropar ¬etter riset. Dårens munn ¬er til skade for han sjølv, og lippene er ei felle for han. Ord av ein baktalar ¬er som dei beste retter, dei sig ned i kroppen. Den som er lat i sitt arbeid, han er bror til øydaren. Herrens namn ¬er eit festningstårn; dit spring den rettferdige ¬og vert berga. Rikmanns gods ¬er hans faste borg, i hans tanke ¬er det som ein høg mur. Før mannen fell, ¬er han stolt i hjarta, føre ære går audmykt. At nokon svarar ¬før han høyrer, er dumt og til skam for han. Motet held mannen oppe ¬i sjukdom, men mismod, ¬kven kan bera det? Den kloke får seg kunnskap, dei vise legg vinn på ¬å høyra og læra. Gåver opnar veg for mannen og fører han fram ¬for dei store. Den som talar fyrst i ei sak, ¬har rett til motparten kjem ¬og granskar hans ord. Loddkasting gjer ende ¬på tretter, ho avgjer strid ¬mellom mektige menn. Har ein bror lide urett, er han verre å vinna ¬enn ei festning; å tretta med han ¬er som bom for ei borg. Magen mettast ¬av munnens frukt, av det som lippene ber fram. Tunga har makt ¬over død og liv, og dei som gjerne ¬brukar henne, får nyta hennar frukt. Den som finn ei kone, ¬finn lukka; han har fått velvilje hjå Herren. Den fattige kjem ¬med audmjuk bøn, den rike svarar med harde ord. Det kan gå gale med ein mann ¬som har vener, men det finst vener som er ¬trugnare enn ein bror. Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd enn å vera ein dåre ¬som talar lygn. Jamvel iver er gagnlaus ¬når det vantar vit, og den som har hastverk, ¬trør feil. Ein manns dårskap ¬fører han til fall, men i sitt hjarta ¬er han harm på Herren. Den som er rik, ¬får mange vener, men den fattige ¬misser den venen han har. Falske vitne slepp ikkje straff, dei som fer med lygn, ¬går ikkje fri. Mange smeikjer for dei store, alle er vener med dei rause. Fattigmanns frendar ¬hatar han alle, jamvel venene held seg borte. Han vil vinna dei med ord, ¬men dei kjem ikkje. Den som vinn seg skjøn, ¬har livet kjært, den som tek vare på vitet, ¬finn lukka. Falske vitne slepp ikkje straff, dei som fer med lygn, ¬går til grunne. Det høver ikkje for dåren ¬å ha gode dagar, enn mindre for trælen ¬å rå over fyrstar. Klokskap gjer mennesket ¬langmodig, å tola urett ¬er ei ære for mannen. Kongens vreide ¬er som løvebrøl, hans velvilje ¬er som dogg i graset. Ein uvitug son ¬er ei ulukke for far sin, kvinnetrette ¬er som si-drop frå taket. Hus og gods er fedrearv, ei vitug kone ¬er ei gåve frå Herren. Latskap svæver tungt i svevn, og letingen må svelta. Den som held bodet, ¬tek vare på livet, den som ikkje vørder si åtferd, ¬må døy. Den som hjelper ein arming, ¬låner til Herren, og Herren løner han ¬for hans velgjerning. Tukta son din ¬medan det enno er von, men lat deg ikkje riva med ¬så du drep han. Den som lèt sinnet ta makta, ¬må bøta; vil du hjelpa han, ¬må du gjera det atter og atter. Høyr på råd ¬og ta imot formaning, så vert du vis til slutt. I mannens hjarta ¬er det mange tankar, men Herrens plan står fast. Det ein ventar av mennesket, ¬er truskap; det er betre å vera fattig ¬enn å fara med lygn. Age for Herren fører til liv; mett kan ein gå til nattekvile og kjem ikkje ut for noko vondt. Den late stikk handa i fatet, men får henne ikkje opp ¬til munnen eingong. Slår du ein spottar, ¬vert styvingen klok, refser du den vituge, ¬får han større skjøn. Den som er hard med far sin ¬og jagar bort mor si, er ein ring og skamlaus son. Hald opp med å høyra ¬på formaning, son, så går du glipp av ¬dei ord som gjev kunnskap. Eit svikefullt vitne ¬spottar retten, munnen på gudlause ¬gløyper vondskap. Straff er fastsett ¬for dei som spottar, og pryl for ryggen på dårar. Vinen er ein spottar, den sterke drikk ¬ein bråkmakar, ingen som ragar av dei, er vis. Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl, den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel. Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen, men kvar dåre yppar strid. Den late vil ikkje pløya ¬om hausten, i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde. Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta, den som har vit, ¬kan ausa av dei. Mange ropar ¬om sin eigen truskap, men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann? Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd, og lukkelege er borna ¬etter han. Ein konge som sit ¬i domarsetet, skil ut alt vondt ¬med eit augnekast. Kven kan seia: «Eg har reinsa hjarta, eg er fri for synd»? To slag vekt og to slag mål er begge ein styggedom ¬for Herren. Alt guten syner i si ferd om livet hans vert reint og rett. Øyra som høyrer, ¬og auga som ser, er begge skapte av Herren. Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig, opnar du augo, ¬får du deg mat. «Ringt, ringt,» seier kjøparen, men skryter av handelen ¬når han går bort. Det finst gull og perler ¬i mengd, men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han for framande! Godt smakar brød ¬som er vunne med svik, men sidan fyllest munnen ¬med småstein. Når ein held råd, ¬lukkast planane; vis omtanke når du fører krig! Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar! Den som forbannar ¬far sin og mor si, hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret. Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg, gjev inga velsigning til slutt. Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.» Venta på Herren, ¬så hjelper han deg! To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren, falsk vekt er av det vonde. Det er Herren ¬som styrer mannens steg. Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg? Det er farleg ¬å lova ei heilag gåve og fyrst sidan tenkja seg om. Den vise kongen ¬skil ut dei gudlause og lèt hjulet rulla over dei. Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe, ho ransakar alle kammer ¬i hjarta. Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen, han stør sin kongsstol ¬på truskap. Styrke er ein prydnad ¬for ungdom, og grått hår ei ære ¬for den gamle. Flengjer og slag ¬som sårar den vonde, reinsar hans hjartekammer. Som rennande bekker er kongens hjarta ¬i Herrens hand; han leier det dit han vil. Ein mann kan synast ¬at all hans ferd er rett, men Herren prøver ¬menneskehjarto. At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren ¬enn offer. Stolte augo ¬og hovmodig hjarta, ljoset åt dei gudlause, er synd. Det den annsame tek seg føre, ¬gjev vinning, men hastverk fører berre til tap. Den rikdom ein vinn ¬med lygn, er ein kvervande pust, og han fører til døden. Dei vonde vert bortrivne ¬av si eiga valdsferd, for dei vil ikkje gjera ¬det som er rett. Skuldtyngd mann ¬går krokete vegar, men den reine fer ærleg fram. Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne. Den gudlause har hug ¬til det vonde, hans neste finn ingen velvilje ¬hjå han. Når ein spottar må bøta, ¬vert den urøynde klok, og lærer du ein vis, ¬tek han kunnskapen til seg. Den rettferdige aktar ¬på gudløysings hus, han støyter dei vonde ¬ut i ulukke. Den som stengjer sitt øyra ¬når armingen skrik, skal sjølv måtta ropa ¬og ikkje få svar. Ei gåve i løyndom ¬mildnar vreide, det ein får i fanget, ¬stiller stor harme. For den rettferdige ¬er det ei glede å gjera det rette, men for ugjerningsmannen ¬er det ei gru. Den som villar seg bort ¬frå klokskaps veg, han hamnar ¬mellom daudingar. Den som likar moro, ¬må sakna mangt, den som elskar vin og olje, ¬vert aldri rik. Den gudlause vert gjeven til løysepengar ¬for den rettferdige, og svikaren kjem ¬i staden for den ærlege. Betre å bu i eit øyde land enn hjå arg ¬og trettekjær kvinne. Der dei vise bur, ¬er det dyre skattar og olje, men dåren øyder det opp. Den som jagar etter rett ¬og truskap, finn liv og rettferd og ære. Ein klok mann kan storma ¬ein by full av kjemper og bryta det vernet ¬dei sette si lit til. Den som aktar sin munn ¬og si tunge, bergar sitt liv ¬frå naud og trengsle. Den stolte og kaute ¬kallar dei spottar; han er skamlaus og frekk ¬i si framferd. Det den late ynskjer, ¬fører til døden, for han vil ikkje arbeida ¬med sine hender. Heile dagen går han ¬med lyst og trå, den rettvise gjev ¬og er ikkje knuslet. Ein styggedom er det ¬når dei gudlause ofrar, serleg når dei gjer det ¬med vondt i tankar. Det falske vitnet fell igjennom, men det truverdige vitnet ¬vert alltid høyrt. Den gudlause går der ¬med frekk mine, den ærlege er fast og stø ¬i si ferd. Det finst ikkje visdom og skjøn og ingen plan ¬som hjelper mot Herren. Hesten vert budd ¬til stridens dag, men det er Herren ¬som gjev siger. Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom; å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull. Rike og fattige møtest, Herren har skapt dei alle. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta. Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev, er rikdom og ære og liv. På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer, den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei. Lær guten den vegen ¬han skal gå, så vik han ikkje av ¬når han vert gamal. Rikmenn rår over fattige, den som låner, må træla ¬for den som gjev lån. Den som sår urett, ¬haustar vondskap, riset han brukar i sinne, ¬tek slutt. Velsigning får den ¬som er god mot andre, for han deler sitt brød ¬med dei fattige. Jag spottaren ut, ¬så går tretta med, og den skamlause striden ¬får ein ende. Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta, den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven. Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap, men svikarens ord ¬gjer han maktlause. Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute, ho kunne drepa meg ¬midt på gata!» Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav, den Herren er harm på, ¬fell nedi. Vitløyse høyrer ungguten til, men tukteriset ¬driv henne bort. Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige, gåver til den rike ¬gjev berre tap. Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord, rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev. Det er godt ¬om du gøymer dei i hjarta og alltid har dei på lippene. For at du skal setja ¬di lit til Herren, forkynner eg dei for deg i dag. Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for deg med gode og kloke råd. Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord, så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar. Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig, og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten! For Herren vil føra deira sak og ta livet av deira ransmenn. Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg, og slå ikkje lag ¬med bråsint mann, så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegar og setja ei felle for ditt liv. Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslag og borgar for folk ¬som har gjeld. Når du ikkje har noko ¬å betala med, kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på? Flytt ikkje gamle merkesteinar som fedrane dine har reist. Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid? Han kan ta teneste hjå kongar og skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk. Når du sit til bords ¬med ein mektig mann, så merk deg vel ¬kva du har framføre deg, og set ein kniv på strupen din om mathugen er for stor. Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter, for det kan vera svikefull kost. Streva ikkje etter å verta rik når du då må gje opp ¬ditt gode skjøn. Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte; brått har han fått seg venger og flyg til vers som ei ørn. Et ikkje brød ¬hjå den som misunner, ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter! For han er ein mann ¬med baktankar. Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,» men hjarta hans ¬er ikkje med deg. Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att, dine venlege ord er spilt møde. Du skal ikkje tala til ein dåre, for han vanvørder ¬dine kloke ord. Flytt ikkje gamle merkesteinar, og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause! For deira løysingsmann ¬er sterk, han skal føra saka ¬dei har med deg. Ver viljug ¬til å høyra på formaning, og lyd på kloke ord! Lat ikkje guten vera utan tukt! Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy. For når du slår han med riset, bergar du han frå dødsriket. Son min, har du visdom ¬i hjarta, vert eg òg inderleg glad. Det jublar inni meg når du talar det som er rett. Ver ikkje arg på syndarar, men streva alltid ¬etter gudsfrykt! Gjer du det, ¬har du ei framtid, og di von er ikkje ute. Høyr no, son min, og vert vis, styr dine tankar ¬den rette vegen! Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar, mellom dei ¬som fyller buken med kjøt. For den som et og drikk, ¬vert fattig, og rusen kler folk i filler. Høyr på far din, ¬som gav deg livet, og vanvørd ikkje ¬di gamle mor! Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje, kjøp visdom og tukt og vit! Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla, den som får ein klok son, ¬vert glad. Ver til glede ¬for far din og mor di, lat ho som fødde deg, ¬fegnast. Son min, gjev meg hjarta ditt, bruk augo og akta ¬på mine vegar! Ei skjøkje er som ei djup grav, ei framand kvinne ¬som ein trong brunn. Ja, ho ligg på lur som ein røvar, og aukar talet ¬på trulause menn. Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve, kven har strid, ¬og kven må klaga? Kven har utan grunn fått sår, og kven har sløve augo? Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk, dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen. Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er, kor fint han blenkjer i staupet, og kor lett han renn ned. Sistpå bit han som ein slange og høgg som ein hoggorm. Då ser augo dine ¬underlege ting, og du talar tull og tøv. Det er som låg du ¬midt utpå havet, eller klengde deg ¬til mastetoppen. «Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt; dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna or rusen? Då vil eg få tak i meir vin.» Ver ikkje arg ¬på vonde menn, ha ikkje hug til å vera med dei! For dei tenkjer på å gjera vondt og talar berre om ulukke. Med visdom byggjer ein hus, med skjøn reiser ein det. Med godt skjøn vert roma fylte av alle slag dyre og fine ting. Den vise mannen har styrke, den kunnige aukar si makt. Med klok leiing ¬kan du føra krig; når mange gjev gode råd, ¬vinn du siger. Visdom heng høgt for dåren, i rådet opnar han ikkje ¬sin munn. Den som legg vonde planar, vert kalla ein renkesmed. Det dåren finn på, er synd, og spottaren er ¬ein styggedom for folk. Misser du motet ¬på trengselsdagen, då har du liten styrke. Berga dei ¬som dei hentar til døden, hald att dei som skjelvande ¬går til rettarstaden. Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje», skjønar han det likevel, han som prøver hjarto. Han som vaktar deg, veit det og løner kvar mann ¬etter hans gjerning. Et honning, son min, ¬for den er god, den fine honningen ¬er søt for din gane. Og vit at så er det òg ¬med visdom for sjela. Finn du den, ¬så har du ei framtid, di von er ikkje ute. Ligg ikkje og lur, ¬du gudlause, på rettferdig manns bustad, og legg ikkje heimen hans ¬i øyde! Sju gonger ¬kan den rettferdige falla og reisa seg att, men dei gudlause stuper ¬når ulukka kjem. Gled deg ikkje ¬når din fiende fell, fegnast ikkje når han stuper. Elles vil Herren sjå det ¬med mishag og venda vreiden sin frå han. Harmast ikkje ¬på dei som gjer vondt, og misunn ikkje dei gudlause! For dei vonde ¬har inga framtid, lampa åt dei gudlause sloknar. Ha age for Herren ¬og for kongen, son! Slå ikkje lag med opprørarar, for brått er ulukka over dei. Kven veit når øydelegging ¬kjem frå dei begge? Desse ordtøka er òg ¬av vismenn. Det er ille når ein domar ¬gjer skil på folk. Seier nokon til ein skuldig: ¬«Du har rett», så vil menneske forbanna han og folkeslag ynskja vondt ¬over han. Men dei som dømer rett, ¬går det vel, lukke og velsigning ¬kjem over dei. Å gje greie svar er som å gje kyss på lippa. Fullfør arbeidet ute, gjer deg ferdig på åkeren, så kan du byggja deg hus. Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din! Du vil vel ikkje svika ¬med lippene dine? Sei ikkje: ¬«Som han har gjort ¬med meg, så vil eg gjera med han; eg vil løna mannen ¬etter hans gjerning.» Eg gjekk framom ¬ein lat manns mark, langs vingarden ¬åt ein tankelaus mann. Sjå, der var det fullt av nesler, grunnen var overgrodd ¬med ugras, og steingarden kringom ¬var nedriven. Eg såg det ¬og beit meg merke i det, eg tok lærdom av dette synet. «Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund, leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!» Då kjem fattigdomen ¬som ein farande fant og nauda som ein tiggar. Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen. Det er Guds ære å dølja ei sak, men kongars ære ¬å granska henne. Himmelhøgd og jordedjup og kongars hjarta ¬kan ingen granska. Skil slagget frå sølvet, så kan sølvsmeden laga ¬ei skål av det. Før dei gudlause bort ¬frå kongen, så står hans kongsstol fast ¬ved rettferd. Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på, og stig ikkje fram ¬på stormenns plass! For det er betre ¬dei seier til deg: «Kom og set deg her oppe!» enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding. Kva du så ser med eigne augo, ver ikkje for snar ¬til å reisa sak! For kva vil du gjera til sist når nesten din ¬fører skam over deg? Før di sak med nesten din, men ber ikkje ut ¬annan manns løyndom! Elles vil den som høyrer det, ¬spotta deg, og du får for alltid ¬uord på deg. Som eple av gull i skåler ¬av sølv er ord ein talar i rette tid. Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint gull er den vise som refser ¬ein mann som vil høyra. Som svalande snø ¬ein dag i skurden er ein påliteleg bodberar ¬for sin herre, han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han. Lik skyer og vind ¬som ikkje gjev regn, er den som skryter av å gje, ¬men ikkje gjer det. Med tolmod ¬vert hovdingen overtald, den milde tunga knuser bein. Finn du honning, så et ikkje ¬meir enn du treng; elles vert du for mett ¬og spyttar han ut. Set sjeldan foten ¬i huset åt ein ven, elles vert han lei deg ¬og legg deg for hat. Som hamar og sverd ¬og kvasse pil er den som vitnar rangt ¬mot sin neste. Som roten tann og ustø fot er tillit til ein svikar ¬på trengselsdagen. Å syngja for den ¬som er sorgfull, er som å kasta kappa ¬ein vinterdag eller som å slå eddik på natron. Er din uven svolten, ¬så lat han få mat, er han tyrst, ¬så gjev han drikke! Då samlar du gloande kol ¬på hans hovud, og Herren skal løna deg for det. Nordavinden kjem med regn, med baktale fylgjer ¬sinte andlet. Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne. Som kaldt vatn ¬for ein tyrstande strupe er godt nytt frå framandt land. Som grumset kjelde ¬og utskjemd brunn er ein rettvis mann som ¬gjev etter for ein gudlaus. Å eta for mykje honning ¬er ikkje godt; ver sparsam med rosande ord! Lik ein øydelagd by ¬med nedriven mur er ein mann ¬som ikkje kan styra sin hug. Som snø om sommaren ¬og regn i skurden, så lite høver ære for ein dåre. Lik sporv og svale ¬som flyg utan mål, er grunnlaus forbanning ¬– ho råkar ikkje. Som svepe til hesten ¬og taum til eselet er ris til ryggen på dårar. Svar ikkje dåren ¬så dumt som han spør, elles vert du sjølv som han. Lat dåren få svar ¬som høver til hans dårskap, så han ikkje vert vis ¬i eigne augo. Den som sender bod ¬med ein dåre, høgg føtene av seg ¬og må tola hard medferd. Slappe heng føtene ¬på den lame, så òg ordtak i munnen ¬på dårar. Lik den som legg ein stein ¬i slyngja, er den som gjev ein dåre ære. Som klungergrein ¬i handa på drukken mann er ordtak i munnen på dårar. Lik ein skyttar ¬som sårar kvar og ein, er den som leiger ein dåre, eller folk som råkar til ¬å gå framom. Lik hunden som snur seg ¬til sitt eige spy, er ein dåre ¬som tek opp att sin dårskap. Ser du ein mann ¬som trur han er vis, er det større von ¬for dåren enn for han. Den late seier: «Det er ei løve på vegen, ei ungløve i gatene.» Døra svingar på gjenga, den late snur seg i senga. Den late stikk handa i fatet, men idest ikkje ta henne ¬til munnen. Den late trur han er visare enn sju som gjev kloke svar. Lik ein som tek tak i øyro på ein hund ¬som spring framom, er den som ryk opp i sinne for ei trette ¬som ikkje kjem han ved. Lik ein galen mann ¬som sender ut brannpiler og drepande skot, er den som har svike ein ven og seier: «Eg gjorde det ¬berre for moro.» Når veden er ende, ¬sloknar elden; når baktalaren er borte, ¬stilnar tretta. Det trengst kol til glør ¬og ved til eld og trettekjær mann ¬til å skapa strid. Ein baktalars ord ¬er som godbitar, dei sig djupt ned ¬i kroppen. Som sølvlag på ei leirskål er sleipe lipper ¬og vondskap i hjarta. Ein uven skaper seg til ¬med lippene, men inni seg ber han ¬på svik. Gjer han seg blidmælt, ¬så tru han ikkje, for det er sju slag styggedom ¬i hjarta hans. Jamvel om ein døl sitt hat ¬med list, kjem vondskapen fram ¬når folket samlast. Den som grev ei grav, ¬dett sjølv nedi, den som velter opp ein stein, ¬får han over seg. Den som talar ¬med falsk tunge, hatar den han knuser; ein sleip munn ¬får mange til å falla. Rosa deg ikkje ¬av morgondagen, for du veit ikkje ¬kva han ber i sitt fang. Ein annan skal rosa deg, ¬ikkje du sjølv, ein framand, ¬ikkje dine eigne lipper. Steinen er tung, ¬og sand veg mykje, men tyngre er det ¬å vera arg på ein dåre. Harmen er ei gru ¬og vreiden ein flaum, men kven kan stå seg ¬mot avundsykje? Betre er openberr refsing enn kjærleik ¬som ein held duld. Ein ven er trufast ¬jamvel når han slår, men fiendens kyss ¬er svikefulle. Den mette vrakar ¬den finaste honning, alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne. Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret, er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen. Olje og røykjelse ¬gleder hjarta, så òg ein vens kjærleik meir enn gode råd. Gjev ikkje slepp på din ven og på venen åt far din; gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud. Ein granne ¬som bur tett attmed, er betre enn ein bror ¬langt borte. Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta, så eg kan svara ¬dei som spottar meg. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han ¬for framand kvinne. Når nokon med høg røyst velsignar sin neste ¬tidleg om morgonen, er det å rekna ¬som ei forbanning. Si-drop frå taket ¬ein regnversdag og trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre. Å stansa henne ¬er som å halda på vind, som å gripa olje ¬med høgre handa. Jern sliper jern, og det eine mennesket ¬sliper det andre. Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det; den som vaktar herren sin, ¬vinn ære. Som andletet speglar seg ¬i vatnet, kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna. Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette, og menneskeaugo ¬får aldri nok. Sølvet smeltar dei i digelen og gullet i smelteomnen, men mannen mælest ¬etter sitt gjetord. Om du støyter ein dåre ¬i morteren og knuser han saman ¬med gryna, går dårskapen likevel ikkje ¬av han. Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut, og syt vel for buskapen din! For rikdom varer ikkje evig, eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt. Når graset er borte ¬og håa kjem til synes, og folk samlar ¬fjellgraset saman, då har du lam ¬og kan få deg klede og bukkar ¬til å kjøpa ein åker for; du har geitemjølk nok ¬til mat for ditt hus, til livsopphald ¬for jentene dine. Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei, den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve. Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar, men ein klok mann ¬kan styra lenge. Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk, liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren, så det ikkje vert korn til brød. Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause, den som held lova, ¬går til strid imot dei. Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett, men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt. Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd enn å vera rik ¬og gå krokvegar. Den som held seg etter læra, ¬er ein klok son; den som held lag ¬med drikkebrør, fører skam over far sin. Den som aukar sin rikdom ¬med renter og åger, samlar til ein som har medynk ¬med armingar. Når nokon vender øyra bort og ikkje vil høyra på rettleiing, då er jamvel bøna hans ¬ein styggedom. Den som fører dei ærlege ¬på vonde vegar, han fell i si eiga grav, men det gode går i arv ¬til heidersmenn. Ein rikmann er vis ¬i eigne augo, ein fattig som har skjøn, ¬ser kva som bur i han. Når dei rettferdige jublar, er det herlegdom og glede; når dei gudlause ¬har framgang, held folk seg borte. Den som løyner sine synder, går det ikkje vel; den som sannar si synd ¬og vender seg frå henne, han finn miskunn. Sæl er den ¬som alltid ottast Gud, men den som gjer seg hard, ¬fell i ulukke. Som knurrande løve ¬og grådig slagbjørn er ein gudlaus hovding ¬for eit fattig folk. Ein fyrste som ikkje har skjøn, ¬grip gjerne til vald; den som hatar urett vinning, ¬får leva lenge. Ein mann som har gjort seg ¬skuldig i drap, han er på flukt mot grava, og ingen må halda han att. Den som er heil i si ferd, ¬vert berga, men den som går krokvegar, ¬fell i grava. Den som dyrkar si jord, ¬får eta seg mett; den som jagar etter fåfengd, ¬får nøgda av armod. Ein trufast mann ¬får rik velsigning, men ingen slepp straff ¬når han spring etter rikdom. Det er ille å gjera skil på folk, ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit. Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom, og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud. Den som refser ein mann, ¬får sidan større takk enn den som fer med smiger. Den som røvar ¬frå far sin og mor si og seier: «Det er ikkje synd,» han er jamgod ¬med drapsmenn. Den havesjuke ¬valdar strid og trette, den som lit på Herren, trivst. Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre, men den som ferdast ¬med visdom, vert berga. Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud, men den som ikkje ¬vil sjå nauda, får mykje forbanning over seg. Når dei gudlause har ¬framgang, ¬held folk seg borte, når dei går til grunne, ¬får dei rettferdige makt. Ein mann ¬som får refsing ¬og endå er stridlyndt, han vert brått knust ¬og kan ikkje lækjast. Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket, når ein niding styrer, ¬sukkar folket. Den som elskar visdom, ¬gleder far sin, den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige. Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett, den som syg det ut, ¬legg det i øyde. Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin, set eit garn for føtene hans. Ein vond manns synder ¬er ei felle for han, men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg. Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten, men den gudlause ¬har ikkje vit på noko. Spottarar øser opp heile byen, men vismenn får vreiden ¬til å stilna. Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre, vert det bråk og lått og inga ro. Dei blodtyrste hatar ¬ein heidersmann, men dei ærlege tek seg av han. Ein dåre gjev luft ¬for alt sitt sinne, men ein vismann held det att. Ein hovding ¬som høyrer på lygn, får berre skarvar til tenarar. Fattigmann og valdsmann ¬møtest, Herren gjev begge augneljos. Når ein konge dømer ¬dei fattige rettferdig, står hans kongsstol støtt ¬for alltid. Ris og refsing gjev visdom, men ein gut ¬som får gjera som han vil, fører skam over mor si. Får nidingar makta, ¬aukar synda, men når dei fell, ¬vert dei rettvise glade. Tukta son din, ¬så gjev han deg ro og gjer deg glad i hugen. Utan openberring ¬fer folket vilt, lukkeleg er den som held lova. Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord, han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje. Ser du ein mann ¬som er snar når han talar – det er større von ¬for dåren enn for han. Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av, vert han strid og ulydig til sist. Snarsint mann ¬valdar strid og trette, den brålyndte ¬gjer mykje vondt. Hovmod fører menneske ¬til fall, men den audmjuke vinn ære. Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv, han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå. Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv, men den som lit på Herren, ¬er trygg. Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding, men frå Herren ¬får mannen sin rett. Dei rettvise styggjest ¬ved den som gjer urett, ein styggedom ¬for dei gudlause er den som lever rett. Ord av Agur, son til Jake frå Massa. Så lyder ordet åt mannen: Gud, eg er trøytt, Gud, eg er trøytt og utmødd. Eg er for dum ¬til å vera ein mann, eg har ikkje vit ¬som eit menneske. Visdom har eg ikkje lært, eg har ikkje kunnskap ¬om Den Heilage. Kven har stige opp ¬til himmelen og er komen ned att? Kven har samla vinden ¬i si hole hand og bunde vatnet i eit klede? Kven har fastsett ¬alle grensene for jorda? Kva heiter han, ¬og kva heiter son hans? Det veit vel du? Kvart ord frå Gud er reint. Han er eit vern ¬for dei som flyr til han. Legg ikkje noko til hans ord, elles refser han deg, og du står der som lygnar. To ting vil eg be deg om, dei må du ikkje nekta meg ¬før eg døyr: Hald lygn og fals ¬langt borte frå meg, og gjev meg korkje armod ¬eller rikdom, men lat meg få den mat ¬eg treng! Elles kunne eg verta så mett at eg fornekta deg og spurde: ¬«Kven er Herren?» eller verta så fattig at eg stal og forbanna namnet ¬åt min Gud. Baktal ikkje ein træl ¬for hans herre; elles vil han forbanna deg, og du må bøta for di synd. Det finst folk ¬som forbannar far sin og ikkje velsignar mor si, folk som er reine i eigne augo, men ikkje har vaska ¬ureinskapen av seg, folk som er stolte i blikket – å, kor dei lyfter ¬sine augnebryn! – folk som har sverd til tenner og knivar i kjakane, så dei et armingar ut or landet og fattige ut or folket. Blodiglen har to døtrer: ¬«Gjev» og «Gjev». Det finst tre ¬som ikkje vert mette, og fire som aldri får nok: dødsrike og barnlaust ¬morsliv, jorda som alltid ¬tyrstar etter vatn, og elden som aldri seier: ¬«Det er nok.» Den som ser spottande ¬på far sin og ikkje vil lyda mor si, på han skal ramnane ¬ved bekken hakka ut augo, og ørnungar skal eta dei opp. Det er tre ting som er ¬for underfulle for meg, og fire som eg ikkje skjønar: ørns flòg over himmelen, orms veg over berget, skips veg på havet og manns veg ¬til ei ung kvinne. Så ber ei trulaus kvinne seg åt: Ho et og turkar seg ¬om munnen og seier: «Eg har ikkje ¬gjort noko gale.» Tre ting får jorda til å skjelva, og fire kan ho ikkje tola: trælen når han vert konge, og dåren ¬når han får eta seg mett, attergløyma ¬når ho vert gift, og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna. Det finst fire ¬som er små på jorda, og likevel er dei klokast ¬av dei kloke: Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk, men om sommaren ¬finn han seg føde. Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke, og endå byggjer han seg ¬bustad i berget. Grashoppene har ingen konge, men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk. Firfisla kan ein ta ¬med hendene, og endå er ho i kongens slott. Det finst tre ¬som går med stolte steg, og fire som har ei fager gonge: løva, kjempa mellom dyra, som ikkje vik for nokon, hanen som går ¬og bretter seg, bukken fyrst i flokken og kongen i brodden ¬for sitt folk. Har du vore dum ¬og hovmodig, så tenk deg om ¬og legg handa på munnen! For trykk på mjølk gjev smør, trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide valdar strid. Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han. Kva skal eg seia deg, ¬min kjære son, du son som eg fekk ¬– eit svar på bøn? Gjev ikkje di kraft til kvinner, ditt liv til dei ¬som tyner kongar. Det sømer seg ikkje ¬for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje ¬for kongar å drikka vin eller for fyrstar å nyta rusdrikk. For då gløymer dei lov ¬og vedtekt og rengjer retten ¬for kvar arming. Gjev heller rusdrikk til den som held på å gå til grunne, og vin til den som er sorgtyngd. Lat han drikka, ¬så han gløymer si armod og ikkje minnest si møde meir. Lat opp din munn ¬for den som er mållaus, tal saka for dei ¬som held på å gå til grunne. Lat opp din munn ¬og døm rettferdig, hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett! Den gode kona, ¬kven finn vel henne? Meir er ho verd enn perler. Mannen set all si lit til henne, og det skortar ikkje ¬på vinning. Ho gjer berre godt imot han, og inkje vondt, ¬så lenge ho lever. Ho syter for ull og lin, hennar hender arbeider ¬med liv og lyst. Ho er som ein kjøpmanns skip, langt bortanfrå hentar ho mat. Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe, gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid. Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han; ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent. Styrke er beltet ho har ¬om livet, i armane legg ho kraft. Ho merkar at arbeidet lukkast, hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta. Ho legg hendene på rokken, og fingrane grip om teinen. Ho opnar handa ¬for dei som lid naud, retter armane ut til fattigfolk. Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset, for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt. Teppe lagar ho sjølv, ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull. Hennar mann er kjend ¬der folket samlast, han sit i lag ¬med dei eldste i landet. Ho lagar skjorter som ho sel, og sender belte ¬til kjøpmannen. Kraft og vørdnad ¬er hennar klednad, og ho ler mot komande dagar. Ho talar klokt ¬når ho opnar munnen, og venleg rettleiing ¬har ho på tunga. Ho ser etter ¬korleis det går i huset, og et ikkje brød ¬ho har vunne i latskap. Hennar søner stig fram ¬og prisar henne sæl, og mannen gjev henne ros: «Det finst mange ¬dugande kvinner, men du går over dei alle.» Ynde sviktar, og venleik forgår, ei kvinne som har age ¬for Herren, skal prisast. Lat henne nyta frukta ¬av sitt arbeid; der menneske møtest, får ho ros for sine gjerningar. Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem. Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren, berre ideleg fåfengd! Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev, som det møder seg med ¬under sola? Ætter går, og ætter kjem, men jorda står alltid ved lag. Sola renn, og sola glader, så skundar ho seg attende til staden der ho går opp. Vinden blæs mot sør, så snur han mot nord; støtt snur og skifter han og tek atter til ¬på same rundgang. Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna. Mannen trøytnar av å tala og får ikkje sagt det han vil. Auga vert ikkje mett av å sjå, og øyra får aldri nok ¬av å høyra. Det som var, skal alltid vera, og det som hende, ¬skal atter henda. Det finst ingenting nytt ¬under sola. Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt», har det likevel funnest før, alt ifrå eldgamal tid. Ingen tenkjer på ætter ¬som var; og ætter som ein gong kjem, vil heller ikkje leva i minnet hjå dei som sidan fylgjer. Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem. Eg sette meg føre å granska og ransaka med visdom alt det som hender ¬under himmelen. Det er eit plagsamt strev Gud har gjeve menneska. Eg såg på alt det som hender, og det som vert gjort ¬under sola. Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind. Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast, og det som vantar, ¬kan ikkje teljast. Eg tenkte med meg: Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdom enn alle dei som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap. Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna, å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap. Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind. For med stor visdom ¬fylgjer mange suter. Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide. Eg tenkte med meg: No vil eg prøva gleda og nyta det som er godt! Men det òg var fåfengd. Om låtten sa eg: ¬«Han er vitlaus», og om gleda: ¬«Kva skal ho tena til?» Då fekk eg den tanken at eg skulle kveikja meg ¬med vin, men la vitet styra meg ¬med visdom. Eg ville halda meg ¬til dårskapen til eg fekk sjå kva som er best for menneska under himmelen den korte tida livet varer. Så sette eg store ting ¬i verk: Eg bygde hus ¬og planta vingardar, stelte til hagar og parkar og sette alle slag frukttre ¬i dei. Eg bygde dammar til å vatna ein skog med tre ¬som voks opp. Eg kjøpte trælar ¬og trælkvinner, og andre trælar ¬var fødde i mitt hus. Storfe og småfe fekk eg meg òg, i større mengd enn alle dei som levde i Jerusalem før meg. Sølv og gull samla eg meg òg, og rikdom ¬frå andre kongar og land. Eg fekk meg songarar ¬og songarinner og det som er ein hugnad ¬for menn, kvinner og atter kvinner. Eg vart stor, ¬ja, større enn alle dei som levde i Jerusalem før meg. Men visdomen min ¬heldt eg fast ved. Alt det augo ynskte, lét eg dei få; eg nekta meg inga glede. Hjarta gledde seg ¬over alt mitt strev, og det var løna ¬for all mi møde. Men så gav eg meg ¬til å tenkja over alt det eg hadde gjort ¬med mine hender, det eg hadde streva ¬og slite med. Sjå, alt var fåfengd ¬og jag etter vind. Det er ingenting å vinna ¬under sola. Eg gav meg òg ¬til å tenkja over visdom, vitløyse og dårskap. Kva skal vel kongens ¬ettermann gjera? Det same som andre har gjort ¬for lenge sidan. Eg såg at visdom ¬er betre enn dårskap, liksom ljoset ¬er betre enn mørkret. Den vise har augo i hausen, medan dåren ferdast i mørker. Men eg skjøna òg at same lagnaden ¬møter dei begge. Då tenkte eg med meg: Som det går dåren, ¬så går det meg òg. Kva skal all min visdom ¬tena til? Eg tenkte med meg: Det òg er fåfengd. For minnet om den vise lever ikkje lenger ¬enn minnet om dåren. I dagar som kjem, er alt for lenge sidan gløymt. Ja, den vise må døy, ¬han liksom dåren. Då vart eg lei av livet, for eg lika ille ¬det som hender under sola. Alt er fåfengd ¬og jag etter vind. Eg vart lei av alt mitt strev, alt slitet eg har hatt ¬under sola. For alt må eg lata over til den som kjem etter meg. Kven veit om det vert ein vis ¬eller ein dåre som skal rå over det ¬eg har vunne med mitt strev og min visdom ¬under sola? Det òg er fåfengd. Då vart eg reint motlaus for alt det strev ¬eg har hatt under sola. For det hender ¬at eit menneske strevar med visdom, kunnskap ¬og dugleik og må gje det i arv ¬til ein annan som ikkje har hatt noko bry ¬med det. Det òg er fåfengd, ¬ei stor ulukke. Kva har då mennesket att for alt sitt slit og strev som han har plaga seg med ¬under sola? Alle hans dagar ¬er fulle av pinsle, og alt det han driv med, ¬valdar sorg. Ikkje eingong om natta får hjarta hans kvila. Det òg er fåfengd. Det beste eit menneske ¬kan gjera, er å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev. Men eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand. For kven kan utan han eta og vera glad? Ja, Gud gjev visdom og kunnskap og glede til dei menneske ¬han synest om. Men syndarar gjev han strevet med å samla og sanka, og sidan må dei gje det alt til dei som Gud synest om. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind. Alt har si faste tid, alt som hender ¬under himmelen, har si tid: ei tid til å fødast, ei til å døy, ei tid til å planta, ¬ei til å riva opp; ei tid til å drepa, ¬ei til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja, ei til å dansa; ei tid til å kasta steinar, ¬ei til å samla dei, ei tid til å ta i famn, ¬ei til å la det vera; ei tid til å leita, ¬ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; ei tid til å riva sund, ¬ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; ei tid til å elska, ¬ei til å hata, ei tid til krig og ei til fred. Kva vinning har den ¬som arbeider, av alt sitt strev? Eg såg det plagsame strevet som Gud ¬har gjeve menneska. Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt ¬i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort ¬frå fyrst til sist. Eg skjøna at ingen ting ¬er betre for dei enn å gleda seg ¬og gjera vel i livet. Men når ein mann ¬får eta og drikka og vera lukkeleg ¬i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska ¬skal ha age for han. Det som er, har eingong vore, og det som skal henda, ¬har hendt før. Gud tek fram att det ¬som kvarv. Elles såg eg under sola: Der retten skulle rå, ¬var vondskap, på rettferds stad var gudløyse. Då tenkte eg med meg: Det er Gud som skal døma både rettferdige og vonde. Han har fastsett ei tid for kvart tiltak og kvar gjerning. Eg tenkte med meg ¬om menneska: Gud prøver dei så dei kan sjå at dei i seg sjølve ¬ikkje er meir enn dyr. Same lagnaden ventar både menneske og dyr. Den eine skal døy ¬som den andre, same livsanden har dei alle. Menneske har ingen føremon ¬framfor dyr. For alt er fåfengd. Alle går til same staden. Av jord er alle komne, og til jord skal dei atter verta. Kven veit om menneskeånda ¬stig opp, medan dyreånda ¬fer ned i jorda? Eg såg at det beste ¬mannen kan gjera, er å gleda seg i sitt arbeid; det er den lut han har fått. For kven lèt han sjå det som sidan skal koma? Atter såg eg ¬på alle dei valdsverk som vert gjorde under sola. Eg såg tårene renna ¬på dei som vart trælka, og ingen trøysta dei. Valdsmennene bruka makt, og ingen trøysta. Då prisa eg dei døde sæle, dei som var borte ¬for lenge sidan. Dei er betre farne ¬enn dei levande, enn dei som enno er i live. Men sælare enn begge er dei som aldri har levt ¬og sett dei vonde verk som vert gjorde under sola. Eg såg at alt strev ¬og all dugleik kjem av at den eine ¬misunner den andre. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind. Dåren legg hendene i fanget og tærer på sitt eige hold. Det er betre å ha litt i neven og få leva i ro enn å ha begge hendene fulle og streva og jaga etter vind. Og endå meir fåfengd vart eg var under sola. Ein mann ¬står stundom heilt åleine, utan son eller bror, og likevel er det ingen ende på alt hans strev; han ser seg ikkje mett ¬på rikdom. «Kven er det eg strevar for så eg nektar meg sjølv ¬alt godt?» Det òg er fåfengd ¬og vondt slit. Det er betre å vera to ¬enn ein, dei får god løn for sitt strev. For om dei dett, kan den eine reisa opp den andre. Men stakkars den som er ¬åleine! Når han dett, har han ingen til å reisa seg opp. Når to ligg saman, ¬vert dei varme, men korleis kan den einslege ¬verta varm? Om nokon vinn over ¬den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart. Ein ungdom som er fattig, ¬men klok, er betre faren enn ein konge som er gamal og dum og ikkje har vit ¬til å ta imot råd. Ein som kom ut or fengslet, vart teken til konge, endå han vart fødd i fattigdom medan ein annan styrte. Eg såg korleis alle menneske som ferdast ikring under sola, gav seg i lag ¬med den unge mannen som skulle koma ¬i kongens stad. Det var ingen ende ¬på alt det folket som han vart førar for. Men dei som kjem etter, bryr seg ikkje lenger om han. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind. Akta foten din ¬når du går til Guds hus! Det er betre ¬at du kjem dit og høyrer enn at dårar ber fram offer; for uvitande er dei ¬og gjer det vonde. Ver ikkje for snar ¬med munnen, og lat ikkje hjarta ¬forhasta seg når du vil tala eit ord ¬for Guds åsyn. For Gud er i himmelen ¬og du på jorda, lat difor orda dine vera få! Med hardt slit fylgjer draumar og med mange ord ¬dumt snakk. Når du gjev Gud ein lovnad, så dryg ikkje med å halda han. For Gud bryr seg ikkje ¬om dårar. Gjer det du lovar! Det er betre at du inkje lovar, enn at du lovar ¬og ikkje held ord. Lat ikkje munnen ¬føra skuld over deg, og sei ikkje til Guds sendebod: «Eg gjorde det av vanvare.» Kvifor vil du harma Gud ¬med det du seier, så han øydelegg ¬det du har gjort? Med mange draumar ¬og mange ord fylgjer mykje fåfengd. Men du skal ha age for Gud. Ser du ¬at fattigfolk vert trælka, at rett og rettferd ¬krenkjest i landet, så undrast ikkje over det! Éi styremakt ¬vaktar på den andre, og over dei begge står ein ¬som er høgare. Det er alltid ein føremon at landet har ein konge som syter for at jorda ¬vert dyrka. Den som er glad i pengar, får aldri nok av dei, og den som elskar rikdom, får aldri vinning nok. Det òg er fåfengd. Når godset aukar, skal fleire leva av det. Og kva anna gagn ¬har eigaren av det enn at han får sjå det? Ein arbeidsmann kan ¬sova godt anten han har lite ¬eller mykje å eta. Den rike et seg mett, men får ikkje ro til å sova. Det finst noko syrgjeleg vondt som eg har sett under sola: Rikdom som vel er gøymd, kan verta til ulukke for ¬eigaren. Går rikdomen tapt ¬ved eit uhell, og den rike har fått ein son, vert det ingenting att til han. Så som han kom frå mors liv, så naken som han kom, ¬skal han gå bort. Han har ingenting att ¬for sitt strev, ingen ting ¬som han kan ta med seg. Det òg er syrgjeleg vondt: Nett som han kom, ¬må han gå herifrå. Kva vinning har han då av sitt strev ¬og sitt jag etter vind? Ja, alle dagar må han eta sitt brød i mørker, sorgfull, sjuk og harm. Høyr no kva eg har funne: Det likaste ¬eit menneske kan gjera, er å eta og drikka ¬og ha det godt midt i alt strev og slit ¬under sola, den korte tida Gud lèt det leva. Det er den lut ¬som mennesket har fått. Når Gud lèt ein mann ¬få rikdom og gods og gjev han lov til å nyta det, så han kan ta sin del og gleda seg midt i sitt strev, då er det ei gåve frå Gud. Då tenkjer ikkje mannen ¬mykje på sitt liv, for Gud gjev han glede ¬i hjarta. Ei ulukke har eg sett ¬under sola, ho kviler tungt på menneska: Det hender ¬at Gud gjev ein mann både rikdom og gods og ære, så han ikkje vantar noko av alt det han ynskjer seg. Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det, ein framand et det opp. Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt. Ein mann kan få hundre born og leva i mange år. Men har han ikkje glede ¬av alt det gode, kor lenge han lever, og får han heller ikkje ¬ei grav, då vil eg seia: «Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.» For det kjem livlaust ¬til verda, i mørker går det bort, og i mørker ¬får det namnet sitt løynt. Det har ikkje sett dagsens ljos og kjenner ikkje sola. Likevel kviler det betre ¬enn han, om han så hadde levt i to gonger tusen år, men ikkje fått røyna lukka. Fer ikkje alle til same staden? Mennesket strevar berre ¬for maten, men det får aldri ¬stetta sin trong. Kva føremon ¬har den vise framfor dåren? Kva hjelper det ein stakkar ¬å vita korleis han skal ferdast ¬i livet? Det er betre å sjå ¬på det ein har, enn å gå der ¬med hug på noko anna. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind. Alt som er til, er nemnt med namn ¬for lenge sidan; og det er føreåt kjent ¬kva eit menneske skal verta. Ingen kan føra sak mot den som er sterkare ¬enn han sjølv. For di fleire ord, ¬di større fåfengd, og kva gagn har mennesket ¬av det? Ja, kven veit kva som er best for menneska her i livet, alle dei fåfengde dagane dei lever som ein skugge? Kven kan fortelja menneska kva som skal henda etter dei ¬under sola? Godt namn er betre ¬enn god salve, dødsdagen betre enn ¬fødedagen. Betre enn å gå i gjestebod er det å gå til syrgjehus. For der endar alle menneske, det skal dei leggja seg ¬på hjarta, dei som lever. Sorg er betre enn lått; for om andletet er sorgfullt, kan hjarta vera fylt av glede. Dei vise har hjarta sitt ¬i syrgjehuset, men hjarta åt dårar ¬er i gledehuset. Det er betre å høyra skjenn ¬av ein vismann enn å lyda på song av dårar. Som klungerris sprakar ¬under gryta, så er det når dåren ler. Det òg er fåfengd. Den vise som fer hardt fram, gjer seg sjølv til narr; den som lèt seg kjøpa, øydelegg seg sjølv. Betre er enden på ein ting ¬enn opphavet. Tolmod er betre enn hovmod. Ver ikkje for snar ¬til å harmast, for harmen ¬bur i barmen på dårar. Du skal ikkje seia: ¬Kva kjem det av at alt var betre ¬i gamle dagar enn no? Du spør ikkje så om du er klok. Visdom er jamgod med arv, ei vinning for dei ¬som ser dagsens ljos. Å vera i skuggen av visdomen er som å ha pengar til vern, og føremonen med kunnskap er at visdom ¬held sin mann i live. Sjå på det som Gud har gjort! Kven kan beinka ¬det han har krøkt? Ver glad når dagen er god; men er han vond, ¬skal du koma i hug at det er Gud som har skapt både den eine og den andre, så menneska ikkje skal finna ut noko om det som kjem etter. Alt dette har eg sett i mine fåfengde dagar. Mang ein rettferdig mann går til grunne i si rettferd, og mang ein gudlaus får leva lenge i sin vondskap. Ver ikkje altfor rettferdig, og vis deg ikkje for klok! Kvifor vil du øydeleggja deg? Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre! Kvifor vil du døy før tida? Det er godt ¬at du held fast på det eine og heller ikkje slepper ¬det andre. Den som har age for Gud, finn ein utveg or dette. Visdom gjer vismannen ¬sterkare enn ti mektige menn i byen. Det finst ikkje eit rettferdig ¬menneske på jord, som berre gjer godt ¬og aldri syndar. Bry deg heller ikkje om alt det folk seier, elles kunne du få høyra at trælen din forbannar deg. Du veit då med deg sjølv ¬at mang ein gong har du òg forbanna andre. Alt dette har eg prøvt ¬med visdom. Eg sa: «Eg vil vinna visdom,» men han var langt borte ¬frå meg. Det som har hendt, ¬er langt borte og djupt, djupt nede. Kven kan finna det? Eg la vinn på ¬å få meg kunnskap, å granska og leita ¬etter visdom og samanheng; eg ville skjøna ¬at gudløyse er dårskap, og at dårskap er galskap. Då fann eg ¬at beiskare enn døden er kvinna som spenner ¬sitt garn. Hennar hjarta er som ei snare og hendene som lekkjer. Den Gud synest om, ¬slepp ifrå henne, men den som syndar, ¬går i garnet. Sjå, dette fann eg, ¬seier Forkynnaren, då eg la det eine ¬til det andre og ville finna ein samanheng. Eg leita støtt, ¬men fann han ikkje. Eitt menneske fann eg ¬mellom tusen, men ikkje ei kvinne ¬mellom dei alle. Sjå, dette er det einaste ¬eg har funne: Gud skapte menneska ¬som dei skulle vera, men dei finn på ¬så mangt og mykje. Kven er som vismannen, kven veit å tyda ei sak? Visdomen får mannens andlet ¬til å lysa, så det strenge draget mildnast. Gjer som kongen byd, for Gud har gjeve han sin eid. Ver ikkje snar ¬til å gå bort frå han, og ver ikkje med ¬på ei ring sak! For kongen gjer alt ¬det han vil; det står makt bak hans ord. Kven torer seia til han: ¬«Kva gjer du?» Den som held bodet, vil ikkje vita av noko vondt. Den vise kjenner i sitt hjarta både tida og domen. For alle ting har si tid ¬og sin dom. Det vonde menneska har gjort, kviler tungt på dei. Ingen veit kva som skal henda. Kven kan seia ¬korleis det vil gå? Ingen har makt over vinden, så han kan halda han att. Og ingen rår for sin dødsdag. I krig slepp ingen fri, og vondskap ¬bergar ikkje den gudlause. Alt dette har eg sett. Eg har lagt merke til alt ¬som hender under sola, i ei tid då menneske ¬har makt over andre, så dei kan gjera dei skade. Elles har eg sett at vonde menn vart lagde i grav ¬og gjekk til kvile, medan dei ¬som hadde gjort rett, laut fara bort ¬frå den heilage staden og vart gløymde i byen. Det òg er fåfengd. Om domen over vond gjerning ikkje straks vert sett i verk, får menneska mot ¬til å gjera det vonde. Hundre gonger ¬kan eit menneske synda og endå få leva lenge. Likevel veit eg at det går godt for dei som ottast Gud, dei som har age for han. Men den gudlause ¬går det ikkje vel; hans liv vert kort, ¬det er som ein skugge, fordi han ikkje ottast Gud. Det er noko meiningslaust som hender på jorda: Somme rettferdige ¬må bera den straff som dei gudlause fortener, og somme gudlause får den løn som dei rettferdige skulle ha. Eg seier: Det òg er fåfengd. Eg har lovprist gleda, for det finst inga anna lukke for menneska her under sola enn å eta og drikka ¬og vera glade. Det fylgjer dei i strevet den tid Gud lèt dei leva ¬under sola. Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna og sjå på det strev og slit som menneska har på jorda; for korkje dag eller natt får dei blund på augo. Då såg eg at menneska ikkje kan skjøna ¬heile Guds verk, alt det som hender under sola. Kor mykje dei strevar ¬og granskar, finn dei ikkje ut av det. Om den vise seier han veit det, skjønar han det likevel ikkje. Ja, alt dette ¬la eg meg på hjarta, ville prøva ¬om rettferdige og vise og det dei gjer, ¬er i Guds hand. Inkje menneske kan vita noko om det som ligg framføre, om det er kjærleik eller hat. Same lagnaden får dei alle, både rettferdige og vonde, den gode og reine ¬og den som er urein, den som ofrar, ¬og den som ikkje ofrar. Sameleis går det den gode ¬og syndaren, sameleis den som sver, og den som er redd for å sverja. Det er det vonde med alt ¬som hender under sola, at alle får same lagnaden. Så lenge menneska lever, er hjarta deira fullt ¬av vondskap og vitløyse. Og sidan må dei fara ¬til dei døde. Det er von for den ¬som høyrer til mellom alle dei levande. Betre å vera ¬ein levande hund enn ei daud løve. Dei levande veit ¬at dei skal døy, men dei døde ¬veit ingen ting. Dei får ikkje lenger løn, for minnet om dei er gløymt. Deira kjærleik og hat ¬og misunning er ende for lenge sidan. Aldri i æve skal dei få del i alt det ¬som hender under sola. Så gå og et ditt brød ¬med glede, og drikk din vin ¬med godt mot! Gud har då for lenge sidan samtykt i det du gjer. Lat kleda dine ¬støtt vera kvite, og lat det aldri ¬vanta olje på hovudet! Nyt livet med den kvinna ¬du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv som Gud har gjeve deg ¬under sola. For det er din lut i livet midt i alt det strev og slit som du har under sola. Alt det du kan gjera ¬med di hand, skal du gjera etter beste evne. For i dødsriket, ¬som du går til, er det korkje arbeid ¬eller plan, korkje kunnskap eller visdom. Elles såg eg under sola: Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet, og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig; dei vise får heller ikkje brød, dei vituge vert ikkje rike, og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje. Tid og lagnad ¬møter dei alle. For mennesket ¬kjenner ikkje si tid. Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet, eller fugl som har gått i snara, såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid, når ulukka ¬brått kjem over dei. Eg har òg sett ¬korleis det går med visdomen her under sola, endå eg tykte han var så stor: Det var ein liten by, og der budde nokre få menn. Så kom det ein mektig konge ¬mot han. Han kringsette byen og bygde store vollar mot han. Det fanst der i byen ein mann som var fattig, ¬men vis. Han kunne berga byen ¬med sin visdom, men ikkje eit menneske tenkte på denne fattige mannen. Då sa eg: Visdom er betre enn styrke; men folk vanvørder ¬fattigmanns visdom, og ingen høyrer ¬på det han seier. Ord av vismenn ¬som høyrest i ro, er betre enn hovdings rop ¬mellom dårar. Visdom er betre ¬enn krigsvåpen, men ein syndar ¬kan øydeleggja mykje godt. Når ein lagar salve, ¬kan daude fluger få oljen til å lukta og gjæra. Litt dårskap veg meir ¬enn visdom og ære. Vismanns hug ¬står til det som er rett, dårens hug ¬til det som er rangt. Jamvel når dåren ferdast ¬på gata, vantar han vit. Han lèt alle sjå ¬at han er dum. Om styresmannen harmast ¬på deg, skal du ikkje gå frå din plass; for sinnsro ¬kan hindra store synder. Ein uting har eg sett ¬under sola, eit mistak av den ¬som har makta: at dårar kjem i høgsetet, medan rikfolk må sitja nedst. Eg har sett trælar ¬ri på hestar, medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar. Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, ¬kan ormen bita. Den som bryt stein, ¬kan få mein av det. Den som høgg ved, ¬kan koma i fare. Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt, må ein bruka di større kraft. Den vise har større von ¬om å lukkast. Når ein mann vert biten ¬av ein orm før maningsordet er sagt, kva gagn har han då ¬av si kunst? Den vise vinn velvilje med orda han talar, men dårens lipper ¬skader han sjølv. Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap, og det siste han seier, ¬er reine galskapen. Dåren brukar mange ord; men ingen veit ¬kva som skal henda. Kven kan fortelja mannen kva som skal koma ¬når han er borte? Dåren masar så han vert trøytt, han som ikkje eingong veit ¬vegen til byen. Ve deg, land ¬som har eit barn til konge og stormenn som held gilde ¬frå morgonen av. Sælt er du land som har ein høgætta konge og stormenn ¬som held måltid i rette tid, sterke menn som ikkje drikk. Når latskapen rår, ¬sig bjelkane ned, og sit ein med hendene ¬i fanget, dryp det inn i huset. Folk held gjestebod ¬for å moroa seg, og vinen gjev glede i livet. Alt dette kan ein få for pengar. Ikkje eingong i tankane skal du forbanna kongen. Jamvel ikkje i ditt soverom må du forbanna den rike. For himmelens fuglar ¬ber lyden av stad, dei som har venger, ¬fortel kva du har sagt. Kast brødet ditt ¬på vatnet; for med tida ¬finn du det att. Del det du har ¬med sju eller åtte; for du veit ikkje kva ¬for ulukker som kan henda på jorda. Når skyene vert fulle av regn, auser dei det ut over jorda. Fell eit tre, ¬mot sør eller nord, vert det liggjande der det fall. Den som aktar på vinden, ¬får ikkje så, den som kikkar på skyene, ¬får ikkje hausta. Likså lite som du veit kva veg vinden blæs, eller korleis beina vert til hjå fosteret i mors liv, likså lite kan du vita korleis Gud som skaper alt, ¬gjer sitt verk. Så ditt sæde om morgonen, og lat ikkje handa kvila ¬om kvelden. Du veit då ikkje ¬kva som vil lukkast, anten det eine eller det andre, eller om alt er like godt. Ljoset er ein hugnad ¬for auga, det gjer godt å sjå sola. Om åra vert mange, ¬skal mennesket leva og gleda seg over dei alle. Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar, for av dei vert det mange. Alt som skal koma, er fåfengd. Gled deg, ungdom, ¬medan du er ung, ver glad og nøgd i livsens vår! Gå på dei vegar som hjarta vil, fylg det som lokkar ditt auga! Men vit at Gud ¬skal krevja deg til rekneskap for alt det du har gjort. Få sutene ut or din hug, og hald det vonde frå livet! For ungdomstida, livsens vår, kverv som ein pust. Tenk på din skapar ¬i ungdoms år, før dei vonde dagane kjem, før det lid til dei år ¬då du må seia: «Eg likar dei ikkje,» før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest, og skyene kjem att ¬etter regnet. Då skjelv dei som vaktar huset, og dei sterke mennene ¬krøkjest. Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid, fordi dei har vorte så få; og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest. Begge gatedørene vert ¬stengde, og kvernduren er døyvd; fuglekvitringa tagnar, og alle songmøyane ¬vert lågmælte. Då syter ein for kvar bakke, og skræmsler lurer på vegen. Mandeltreet blømer, grashoppa slepar seg fram, og kapersen misser si kraft. For mennesket går ¬til sin evige bustad; dei som skal gråta, ¬ventar på gata. Ja, tenk på din skapar før sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest, før krukka går sund ¬attmed kjelda, og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen, før støvet vender attende ¬til jorda, og ånda går til Gud, ¬som gav henne. Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren; alt er fåfengd! Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak. Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant. Ord av vismenn ¬er som broddar, fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar. Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen. Men elles, son min, ¬lat deg åtvara! Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga, og mykje gransking ¬leitar på kroppen. Til sist ¬kan alt samlast i dette: Ottast Gud, og hald hans bod! Det bør alle menneske gjera. For Gud ¬skal døma kvar gjerning, halda dom over alt ¬som er løynt, anten det er godt eller vondt. Salomos høgsong. Gjev han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Din kjærleik er betre enn vin. Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar; ein angande salve ¬er ditt namn, difor held møyane av deg. Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa! Kongen har ført meg ¬inn i sin kove. Vi vil fegnast ¬og gleda oss over deg og prisa din kjærleik ¬meir enn vin. Hugheilt elskar dei deg. Svart er eg, men ven, de Jerusalems møyar, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjelddukar. Sjå ikkje på at eg er så svart, at sola har brent meg. Sønene åt mor mi ¬harmast på meg, dei sette meg ¬til å vakta vingardane. Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta. «Sei meg, ¬du som eg har så kjær, kvar gjæter du di hjord? Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid? Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slør der venene dine ¬gjæter si hjord?» «Veit du det ikkje, du fagraste av kvinner, så fylg berre faret etter flokken, og lat dine kje få beita innmed hyrdingbuene!» «Med folane for faraos vogner vil eg likna deg, min hugnad. Vene er dine kinn, ¬prydde med band, og din hals med perler. Lekkjer av gull skal vi laga deg og med sølvperler på.» Ljuvleg angar ¬min nardussalve så lenge kongen er med i laget. Min ven er lik myrrabunten som kviler ved min barm. Min ven ¬er som ein blømande kvist på hennabusken ¬i En-Gedis hagar. «Kor fager du er, min ven, ja, fager med augo som duer!» «Kor fager du er, min ven, kor yndefull du er! Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt. Sedrar er bjelkar i vårt hus, sypressar er tak og himling.» Ei rose frå Saron er eg, ei lilje i dalane. «Som ei lilje mellom klunger, så er min hugnad ¬mellom møyar.» Som ein apal ¬mellom trea i skogen, så er min ven ¬mellom unge menn. I hans skugge ¬er det hugnad å sitja, hans frukt er søt i min munn. Inn i vinhuset ¬har han ført meg; hans merke over meg ¬er kjærleik. Styrk meg med druekaker, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik. Hans venstre hand ¬er under mitt hovud, med den høgre ¬femner han meg. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer, ved gasellane ¬og hindane i marka: Vekk ikkje kjærleiken! Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil! Høyr, det er min ven. Sjå der, han kjem springande over heiane, hoppande over haugane. Min ven er som gasellen, han liknar den unge hjort. Sjå, der står han ¬bortmed husveggen; han glytter inn ¬gjennom gluggen og ser inn mellom sprinklane. Min ven tek til ords ¬og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! For sjå, vinteren er til endes, regnet har kvorve. Blomane sprett på vollane; songtida er komen, og turteldua kurrar i landet. Frukta på vintreet raudnar, og det angar av vintre i blom. Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! Du mi due på berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg få sjå din skapnad, lat meg få høyra ditt mæle! For di røyst er så mjuk og din skapnad så fager. Fanga revane for oss, dei små revane ¬som herjar i vingardane. For no står våre vingardar ¬i blom. Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer. Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, kom att, min ven! Fly som gasellen ¬og den unge hjort over balsam-angande fjell! Om natta leita eg på lægjet etter han ¬som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje. «Eg vil opp ¬og gå ikring i byen og leita på gater og torg etter han som leikar ¬i min hug.» Eg leita, men fann han ikkje. Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen: «Har de sett han ¬som leikar i min hug?» Eg hadde ikkje før gått frå dei, så fann eg han ¬som leikar i min hug. Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkje før eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi, i koven åt ho som fødde meg. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer, ved gasellane ¬og hindane i marka: Vekk ikkje kjærleiken! Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil! Kva er det som stig opp ¬frå øydemarka som ei røyksøyle, omfløymd av angande myrra ¬og røykjelse og kræmarkrydder ¬av alle slag? Sjå, det er Salomos berestol med seksti kjemper ikring av Israels djervaste menn. Alle er væpna med sverd og vel røynde i strid. Kvar mann ber sverd ved lend til vern mot skræmsler i natta. Kong Salomo laga ein berestol av tre frå Libanon. Stengene gjorde han av sølv og ryggstøet av gull. Sessen er kledd med purpur og innsidene prydde med ler. Kom ut, Jerusalems døtrer! Skoda kong Salomo, ¬Sions døtrer! Sjå krona som mor hans prydde han med ¬på bryllaupsdagen, hans hjartans glededag. Kor fager du er, ¬min hugnad! Kor fager du er! Dine augo attom sløret ¬er som duer. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter Gileads ¬fjell. Dine tenner ¬er som nyklypte sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam. Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor, og yndefull er din munn. Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret. Din hals er som Davids-tårnet, bygt til våpenhus. Tusen skjold heng der inne, alle er skjold åt kjemper. Din barm ¬er som to rådyrkalvar, som tvillingar åt ei hind, beitande mellom liljer. Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, går eg til myrraåsen, til haugen der røykjelse angar. Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad. Det finst ikkje lyte på deg. Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur, kom med meg frå Libanon! Stig ned frå Amanas tind, frå toppen av Senir ¬og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell. Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur. Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast, med ei av lekkjene om din hals. Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur! Din kjærleik er betre enn vin, og angen av dine salvar meir ljuvleg enn balsam. Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur. Honning og mjølk ¬er under di tunge. Angen av kleda dine er som angen på Libanon. Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur, ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla. Dine lemer er som ein lund ¬av granataplar med den gildaste frukt, av hennabuskar ¬og nardusplanter, nardus, krokus, kalmus ¬og kanel og angande tre av alle slag, myrra, aloë ¬og alle slag balsam. Du er som kjelda i ein hage, ei oppkome ¬med sildrande vatn, som bekker frå Libanon. «Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma ¬til sin hage og eta hans herlege frukt!» «Eg kjem til min hage, ¬mi syster, mi brur, og plukkar min myrra ¬og balsam. Eg et min honning ¬og mi honningkake og drikk min vin og mi mjølk.» Ja, et og drikk, mine vener, og lat kjærleiken riva ¬dykk med! Eg søv, men mitt hjarta vaker. Høyr, min ven, han bankar på. «Lat opp for meg, mi syster, min hugnad, mi due, du lytelause, reine. For mitt hovud ¬er fullt av dogg, natta har vætt mine lokkar.» «Eg har teke av meg kjolen, skal eg ta han på att? Eg har vaska mine føter, skal eg sulka dei til att?» Min ven stakk handa inn ¬gjennom luka, då kløktest mitt hjarta ¬for hans skuld. Eg stod opp, ¬ville opna for min ven; det draup myrra ¬av hendene mine, av fingrane rennande myrra som vætte dørklinka. Så opna eg døra for min ven, men min ven ¬hadde fare sin veg. Eg vart reint ifrå meg ¬fordi han var borte. Eg leita etter han, ¬men fann han ikkje; eg ropa på han, ¬men han gav ikkje svar. Då møtte eg vaktmennene som sveiv ikring i byen. Dei slo meg så eg fekk sår. Dei reiv sjalet av meg, vaktmennene på murane. «Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer! Om de finn min ven, kva skal de då seia han? At eg er sjuk av kjærleik.» «Kva er din ven framom andre, du fagraste av kvinner? Kva er din ven framom andre, sidan du naudbed oss så?» Min ven er raudleitt og ljos, han skil seg ut ¬mellom ti tusen menn. Hans hovud ¬er som det skiraste gull, og lokkane krusa, ¬svarte som ramnen. Augo er som duer ved rennande bekker. Dei laugar seg i mjølk, der dei kviler i sine holer. Hans kinn ¬er som angande ¬blomesenger, der krydde-urter veks. Lippene er som liljer, dei dryp av rennande myrra. Armane er som stavar av gull, sette med krysolittar, midja er ¬som ei elfenbeins-skive, prydd med safirar. Leggene er som marmorsøyler, reiste på soklar av gull. Hans skapnad er som Libanon, traust som sedrane der. Munnen er full av ynde, og hugnad er heile han. Så er min ven, ¬så er min kjære, de Jerusalems døtrer. «Kvar er din ven faren, du fagraste av kvinner? Sei, kvar har din ven ¬teke vegen, så vi kan vera med deg ¬og leita.» «Min ven gjekk ned ¬i hagen sin, til dei angande blomesenger. Han ville gjæta i hagane og sanka liljer der. Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer.» Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad, yndefull som Jerusalem, ageleg som ein hær ¬under merke. Vend augo dine frå meg, dei villar meg. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter ¬Gileads fjell. Dine tenner er som sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam. Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret. Seksti dronningar er der, åtti fylgjekoner og terner utan tal. Men berre ei er mi due, mi lytelause, reine, einaste barnet til mor si, gullabarnet åt ho ¬som fødde henne. Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl; dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne. «Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden, fager som fullmånen, ¬skir som sola og ageleg ¬som ein hær under merke?» Eg gjekk ned i natahagen, ville sjå kor det grønkast ¬i dalen, om vintreet hadde sett ¬nye skot, om granataplane blømde. Men før eg vardest, fylgde eg mine hugskot og steig opp ¬i min gjæve frendes vogn. «Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente! Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!» «Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jenta når ho rekkjedansen trør?» Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor, du gjæve hovdingdotter! Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje, smidd av kunstnarhand. Fanget ditt ¬er som runde staupet, gjev det aldri må vanta vin! Magen er som ein kveitehaug med liljer ikring. Barmen er som to rådyrkalvar, tvillingar til ei hind. Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn, augo som Hesjbons tjørner ved Bat-Rabbim-porten. Nasen liknar Libanon-tårnet som skodar ut mot Damaskus. Hovudet ris som Karmel, hårflaumen er som purpur. Ein konge er fanga ¬i dine lokkar. Kor fager, kor yndefull du er, du mi kjære, du min hugnad! Rakvaksen er du som palma, som druer er din barm. Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma, i greinene vil eg ta tak. Som druer på vintreet ¬vere din barm, din ande som angen av eple, din munn som den finaste vin. «Lat han kveikja munnen ¬på min ven, lat han gli over lipper ¬og tenner!» Eg høyrer venen min til, og til meg står heile hans trå. Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene! Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar. I otta går vi til vingardane og ser om vintreet ¬har sett nye skot, om blomeknuppane ¬har opna seg, om granataplane blømer. Der vil eg gje deg min kjærleik. Kjærleiksepla angar. Over vår dør ¬heng dei gildaste frukter av alle slag, nye og gamle. Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei. Å, gjev du var min bror, gjev du hadde soge brystet ¬åt mor mi! Då skulle eg kyssa deg når vi møttest der ute, og ingen vanvørde meg for det. Så leidde eg deg ¬til huset åt mor mi, inn i koven åt ho ¬som fødde meg. Eg skjenkte deg kryddevin og saft av granatepla mine. Hans venstre hand ¬er under mitt hovud, med den høgre ¬femner han meg. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer: Kvi vekkjer de kjærleiken, kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil? Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka, stødd til sin ven? Under apalen vekte eg deg, der mor di hadde føderier, der ho fødde deg. Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken ¬er sterk som døden og mektig som dødsriket ¬i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort. Om einkvan ville gje alt han åtte for kjærleik, så vart han berre til narr. «Vi har ei lita syster, som enno ikkje har bryst. Kva skal vi gjera ¬med syster vår når friarane kjem? Er ho ein mur, vil vi byggja tindar av sølv på han. Er ho ei dør, ¬vil vi stengja henne med ein sederplanke.» Eg er ein mur, og mine bryst er som tårn. I augo hans har eg vorte lik ei som finn fred. Salomo hadde ein vingard ¬i Ba’al-Hamon. Den gav han til vaktmenn, og kvar skulle gje han tusen sekel sølv for frukta. Eg har min eigen vingard. Dei tusen sekel er dine, Salomo, to hundre er til dei ¬som vaktar frukta. «Du møy som held til i hagane, venene lyder på deg. Lat meg få høyra di røyst!» «Skunda deg, min ven, fly som gasellen ¬og den unge hjort over balsam-angande fjell!» Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda. Høyr, du himmel, ¬lyd etter, du jord! For Herren talar: Born har eg ale og fostra, men dei har sett seg ¬opp mot meg. Ein okse kjenner sin ¬eigarmann, og eit esel krubba åt herren sin. Men Israel kjenner ingen ting, mitt folk er utan skjøn. Ve det syndige folket, det skuldtyngde folket, ætlingar av illgjerdsmenn, søner som ber seg ille åt! Dei har gått bort frå Herren, vanvørdt Israels Heilage og snutt ryggen til han. Kvi vil de ha endå meir slag, sidan de atter og atter fell frå? Kvart hovud er sårt, og kvart hjarta er sjukt. Frå hovud til hæl ¬er ingenting heilt, berre flengjer og flerrer ¬og nyhogne sår, som ikkje er reinsa og fetla og ikkje bløytte med olje. Landet er ei øydemark, byane er brende, og framande et opp jorda beint framfor augo på dykk. Alt ligg i øyde, som når framande har herja. Berre Sions dotter er att som ei lauvhytte i ein vingard, som eit vaktarskjol ¬på ei agurkmark, som ein kringsett by. Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud, late nokre av oss sleppa unna, då var vi som Sodoma, vi såg ut som Gomorra. Høyr Herrens ord, de Sodoma-hovdingar! Lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk! Kva skal eg med alle dykkar ¬slaktoffer? seier Herren. Eg er mett av brennoffer ¬av verar og av feitt frå gjøkalvar. Og blod av oksar og lam ¬og bukkar har eg ikkje hug på. Når de kjem fram for mitt åsyn, kven krev då av dykk at de skal trakka ned ¬mine tempelgardar? Kom ikkje meir ¬med gagnlause gåver! Offerrøyken er ein styggedom ¬for meg. Nymåne og sabbat, ¬lysing til stemner – eg toler ikkje vondskap ¬og høgtid saman. Eg hatar dykkar nymånedagar ¬og høgtider. Dei har vorte meg ei bør, som eg er trøytt av å bera. Når de breier ut hendene, gøymer eg augo mine for dykk. Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje. Hendene dykkar ¬er fulle av blod. Vaska dykk, reinsa dykk! Få dykkar vonde gjerningar bort frå augo mine! Hald opp med å gjera ¬det som vondt er! Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er! Vis valdsmannen ¬den vegen han skal gå, hjelp den farlause til hans rett, ta dykk av enkjers sak! Kom, lat oss gjera opp vår sak! ¬seier Herren. Om syndene dykkar ¬er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull. Er de viljuge og lyder, skal de få eta det gode i landet. Men er de uviljuge og trassige, skal de verta oppetne av sverd. Dette er ordet ¬frå Herrens munn. Å, at den trufaste byen skulle verta ei skjøkje! Full av rett var han, rettferd budde der inne, men no – mordarar! Sølvet ditt har vorte til slagg, vinen din er blanda med vatn. Dine styresmenn er ¬opprørarar, dei held lag med tjuvar. Alle elskar dei muter og jagar etter gåver. Den farlause hjelper dei ikkje ¬til hans rett, og enkjers sak ¬tek dei seg ikkje av. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud, Israels Veldige: Ve, eg vil sløkkja harmen min på mine motstandarar og hemna meg på mine ¬fiendar! Eg vil venda mi hand imot deg, reinsa ut ditt slagg som med lut og skilja ut alt ditt bly. Så vil eg atter gje deg domarar som dei du hadde før, og rådgjevarar ¬som i den fyrste tid. Sidan skal du kallast Rettferdsby og Truskapsstad. Ved rett skal Sion løysast ut, ved rettferd dei som ¬vender om. Men brotsmenn og syndarar ¬skal knusast, dei som vender seg frå Herren, skal gå til grunne. Ja, de skal få skam av eikene som de har slik hugnad i, og vanære ¬av dei heilage lundane som de held så gjæve. De skal verta ¬som ei eik med vise lauv og som ein hage utan vatn. Den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste; begge skal brenna, og ingen sløkkjer. Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem: I dei siste dagar skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp over haugane. Dit skal alle folkeslag strøyma. Mange folk skal gå av stad ¬og seia: «Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast på hans ¬stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.» Han skal døma ¬mellom folkeslaga, skifta rett for mange folk. Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjern og spyda sine til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folk og ikkje lenger læra å føra krig. Kom, Jakobs ætt, lat oss ferdast i Herrens ljos! Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt. For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland, driv med spådom ¬som filistarane og gjev handslag ¬til framande folk. Landet deira er fullt ¬av sølv og gull, det er ingen ende ¬på skattane deira. Landet deira er fullt av hestar, det er ingen ende ¬på vognene deira. Landet deira er fullt ¬av avgudar; dei bøyer seg og tilbed det dei har laga ¬med eigne hender, det dei har gjort ¬med eigne fingrar. Då skal mennesket bøyast og mannen audmykjast. Tilgjev dei ikkje! Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jorda for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde! Mannen må slå ¬sine stolte augo ned, og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt. Einast Herren er høg den ¬dagen. For Herren, Allhærs Gud, har sett ein dag til dom over alt som er stort og stolt, over alt som ris i veret – det skal siga i hop, over alle sedrar på Libanon som lyfter seg høgt og byrgt, over alle eiker i Basan, over alle høge fjell og alle ruvande høgder, over alle høge tårn og alle festningsmurar, over alle Tarsis-skip og alle fagre skuter. Då vert det stolte mennesket ¬bøygt og den hovmodige mannen ¬audmykt. Einast Herren er høg ¬den dagen. Og med avgudane ¬er det ute for alltid. Då skal folk fly inn i hellerar og gøyma seg i jordholer for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde, når han reiser seg ¬og skræmer jorda. Den dagen skal menneska ¬kasta frå seg avgudane av sølv og gull, som dei har laga seg og tilbed, kasta dei for moldvarp ¬og flaggermus og fly inn i fjellholer og gøyma seg i bergkløfter for Herren som vekkjer redsle, og for hans stordom og velde, når han reiser seg ¬og skræmer jorda. Hald opp med å lita ¬på menneske som berre har ein pust i nasen! Kva er dei å rekna for? Sjå, Herren, Allhærs Gud, tek bort frå Jerusalem ¬og Juda kvar stav dei stør seg til: kvar støtte av brød ¬og kvar støtte av vatn, både krigar og stridsmann, domar, profet, ¬spåmann og eldste, femtimannsførar ¬og høgvørd mann, rådgjevar, trollmann ¬og kunnig åndemanar. Så gjev eg dei born ¬til styresmenn, villstyringar skal rå over dei. Folk skal vera harde ¬med kvarandre, mann med mann ¬og granne med granne; guten skal setja seg opp ¬mot den gamle, fanten mot fagnamannen. Når ein mann tek fatt ¬i ein annan i huset åt far hans og seier: «Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding, over denne ruinen ¬skal du styra,» så tek den andre til ords ¬og svarar: «Eg vil ikkje fetla sår. I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede. Set ikkje meg til hovding ¬over folket!» Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell, for i ord og gjerning ¬står dei Herren imot og trassar hans herlege åsyn. Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei, og liksom folket i Sodoma talar dei utan dulsmål ¬om si synd. Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg. Sei at det går den ¬rettferdige vel, han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar. Men ve den gudlause! ¬Han går det ille, han får att for det han har gjort. Mitt folk har born ¬til styresmenn og kvinner rår over det. Mitt folk, ¬dine leiarar fører deg vilt, gjer vegen du går på, til ¬villstig. Herren stig fram og vil ¬føra sak, han står opp ¬og vil døma sitt folk. Herren held rettargang med dei eldste og ¬stormennene i folket. «Det er de som har gnege ¬vingarden snau, rov frå dei fattige har de i husa! Korleis kan de knusa mitt folk og slå dei hjelpelause ¬i andletet?» lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Herren har sagt: Fordi Sions døtrer briskar seg, og går med bratt nakke, spelar med augo ¬og går og trippar og ringlar med sine fotringar, så skal Herren la Sions døtrer verta fulle av skurv i hovudet og gjera dei snaue om panna. Den dagen skal Herren ta frå dei all stasen deira: fotringane, solene og halvmånane, øyreringane, armbanda og sløra, hovudpynten, fotkjedene og belta, lukteflaskene og amulettane, fingerringane og naseringane, høgtidsbunadene, kåpene, sjala og veskene, speglane, underkjolane, hovudplagga og kasteplagga. Då vert det illtev ¬i staden for vellukt, reip i staden for belte, fleinskalle ¬i staden for kunstige krøller, strieplagg ¬i staden for stasklede og brennemerke ¬i staden for venleik. Mennene dine ¬skal falla for sverd, kjempene dine i striden. Sions portar ¬skal syrgja og klaga, som når ei kvinne har mist alt og sit einsam att på jorda. Den dagen skal sju kvinner ta fatt i ein og same mann ¬og seia: «Vi skal sjølve fø og kle oss, berre vi får bera ditt namn. Ta bort vår vanære!» Den dagen ¬skal Herrens renning vera til prydnad og ære og landsens frukt gild og fager for dei som slapp unna i Israel. Dei som er att på Sion og etterleivde i Jerusalem, skal kallast heilage, alle som er oppskrivne til livet i Jerusalem. Når Herren har vaska bort ureinskapen hjå Sions døtrer og skylt blodskulda ¬ut or Jerusalem med doms- og reinsingsande, då skal han skapa ¬ei røyksky om dagen og ein lysande, logande eld ¬om natta over heile Sion-fjellet og over møtestadene der. For over alt herleg ¬skal det vera eit dekke, eit tak som skyggjer for heten ¬om dagen og gjev livd og skjol ¬mot uver og regn. Eg vil syngja ein song ¬om min ven, songen åt min ven ¬om hans vingard. Ein vingard hadde min ven i ein grøderik bakke. Han hakka han opp ¬og reinsa han for stein og planta han til ¬med gode vintre. Han bygde eit vakttårn i hagen og hogg ut ei vinpresse der. Så venta han ein haust ¬av gode druer, men beisk var den frukta ¬han fekk. Og no, de Jerusalems-buar og Juda-menn: Døm mellom meg ¬og min vingard! Kva meir var det ¬å gjera med hagen enn det eg alt hadde gjort? Kvifor bar han så beisk ¬ei frukt, når eg venta meg gode druer? No skal eg seia dykk kva eg vil gjera ¬med vingarden min. Eg tek bort gjerdet, ¬så han vert avbeitt, riv ned muren, ¬så han vert nedtrakka. Eg gjer han til ei øydemark. Han skal ikkje skjerast ¬og hakkast meir, men torn og tistel skal gro der. Og skyene byd eg at dei ikkje skal senda regn ¬over han. For vingarden åt Herren, ¬Allhærs Gud, det er Israels hus, og folket i Juda er hagen som han hadde hugnad i. Han venta rett, men sjå, ¬det vart blodig urett! Han venta rettferd, men høyr, det vart skrik! Ve dei som legg hus til hus og åker til åker, til det ikkje meir finst rom, og de sit att åleine i landet! Frå Herren, Allhærs Gud, kling det i øyro mine: Sanneleg, ¬mange hus skal verta aude, store, gode gardar skal ¬stå tome. For ein vingard ¬som kan pløyast på ti dagar, skal berre gje av seg ein bat, og ein homer såkorn ¬berre ein efa. Ve dei som står tidleg opp ¬om morgonen og jagar etter sterk drikk, som sit lenge utover kvelden eldraude av vin. Dei held gilde ¬med lyre og harpe, tromme og fløyte – og vin. Men Herrens gjerning ¬ansar dei ikkje, dei har ikkje syn for det ¬hans hender har gjort. Difor skal folket mitt ¬førast bort før dei veit av det. Stormennene skal forgå ¬av svolt og den ståkande hopen ¬brenna av torste. Difor opnar dødsriket sitt svelg og spilar opp sit gap umåteleg; ned fer stormenn og folkehop, den ståkande, lystige flokken. Då skal mennesket bøyast og mannen audmykjast, dei stolte må slå sine augo ned. Men Herren, Allhærs Gud, er høg når han held dom, den heilage Gud syner seg heilag ved rettferd. Der skal lamma beita ¬som i ei utmark, gjøfe og geiter skal gå og gnaga på dei aude tufter. Ve dei som dreg skulda til seg med vondskaps sterke tog og slepar på synd ¬som med vognreip! Dei seier: «Lat han skunda seg ¬og gjera sitt verk så fort at vi kan få sjå det! Lat det henda, det Israels Heilage har fastsett, lat det koma, så vi får oppleva det!» Ve dei ¬som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer mørker til ljos ¬og ljos til mørker, beiskt til søtt og søtt til beiskt! Ve dei som er vise ¬i eigne augo og kloke i eigne tankar! Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin, og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk, som frikjenner den skuldige ¬for pengar og ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett! Difor, liksom eld øyder halm, og høy sig saman i logen, så skal rota deira rotna og blomen føykjast bort ¬som støv. For dei har vraka lov og lære frå Herren, Allhærs Gud, og vanvørdt ordet ¬frå Israels Heilage. Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans. Han retter ut handa og slår det, så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand. Han reiser eit hærmerke for eit folk langt borte og plystrar det hit ¬frå enden av jorda. Og sjå, der kjem dei, ¬snøgt og lett. Det finst ingen der som er trøytt eller snåvar, ingen som blundar, ¬og ingen som søv. Beltet om livet losnar ikkje, og inga skoreim slitnar. Pilene deira er kvasse, og bogane deira er alle spente, hestehovane er som flint og vognhjula ¬som ein kvervelvind. Dei brøler som løver, brøler som unge løver. Knurrande grip dei sitt rov og ber det bort – det er ingen som bergar. Den dagen skal det dura ¬over folket, som når havet durar. Ser ein ut over jorda, er det trengsle og mørker. Ljoset kverv under tunge ¬skyer. I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet. Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei. Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag ¬er Herren Sebaot. All jorda er full ¬av hans herlegdom.» Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk. Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann ¬med ureine lipper, og eg bur mellom eit folk ¬med ureine lipper, og augo mine har sett Kongen, Herren, Allhærs Gud.» Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret. Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ¬ved lippene dine. Di skuld er borte, ¬di synd er sona.» Så høyrde eg Herrens røyst: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?» Då sa eg: «Sjå, her er eg, send meg!» Og han sa: «Gå og sei til dette folket: Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skjøna ikkje! Gjer hjarta hardt på ¬dette folket, gjer øyro tunghøyrde, ¬klin augo att, så det ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skjønar med hjarta og vender om og vert lækt!» Då spurde eg: «Kor lenge, Herre?» Han svara: «Til byane er aude ¬og folketome, til husa står utan folk, og landet ligg ¬som ei øydemark.» Langt bort ¬skal Herren senda folket, audt og tomt skal det verta ¬i landet. Og finst det enno att ¬ein tiandepart, skal den òg øydast ut, som når ei eik ¬eller terebinte vert felt, og berre ein stuv står att. Stuven skal vera ¬eit heilagt sæde. På den tid då Akas, son til Jotam og soneson til Ussia, var konge i Juda, drog Resin, kongen i Aram, saman med Pekah Remaljason, kongen i Israel, opp til Jerusalem og ville ta byen. Men han greidde ikkje å koma til med noko åtak. Det vart meldt til Davids hus at aramearane hadde slege leir i Efraim. Då skalv hjarta åt kongen og folket, liksom trea i skogen skjelv i vinden. Men Herren sa til Jesaja: «Gå og møt Akas, du og Sjear-Jasjub, son din, ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til Bleikjevollen! Og sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet for desse to rykande vedskiene, for den brennande harmen åt Resin og Aram og Remalja-sonen! For aramearane har lagt vonde planar mot deg, saman med Efraim og Remalja-sonen. Dei seier: Lat oss fara opp mot Juda og setja støkk i folket, leggja landet under oss og gjera Tabe’el-sonen til konge der!» Men så seier Herren Gud: «Det skal ikkje vara ved, og så skal det ikkje vera at Damaskus er Arams hovud og Resin hovding i Damaskus – om sekstifem år ¬er det ute med Efraim, så det ikkje meir er eit folk, at Samaria er Efraims hovud og Remalja-sonen ¬hovding i Samaria. Vil de ikkje tru, ¬skal de ikkje trygt få bu.» Herren tala atter til Akas og sa: «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!» Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.» Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode. For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for. Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.» Den dagen skal Herren plystra på flugene attmed elvosane ¬i Egypt og på biene i Assyria. Alle skal koma og slå seg ned i tronge dalar og fjellkløfter, i alle klungerrunnar og på alle brynnings-stader. Den dagen skal Herren ¬raka av håret med ein kniv han har leigt på hi sida av Storelva, med kongen i Assyria. Både ovantil og nedantil skal han raka av alt hår; jamvel skjegget ¬skal han skrapa bort. På den tid ¬skal ein mann kunna halda ei kvige og eit par sauer, og dei skal gje så mykje mjølk at han kan eta rjome. Ja, rjome og honning ¬skal dei eta, alle som er att i landet. På den tid skal det henda at kvar stad ¬der det no står tusen vintre, som er verde tusen sekel sølv, skal det berre veksa ¬torn og tistel. Med pil og boge ¬går ein dit, for landet er fullt ¬av torn og tistel. Til alle lier ¬der dei no brukar hakke, kjem du ikkje meir ¬av redsle for torn og tistel. Dei skal verta til hamnegang ¬for oksar og trakkast ned av sauer. Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med vanleg skrift: Brått hærfang, snøgt rov.» Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja. Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Du skal kalla han Brått-hærfang, Snøgt-rov. For før guten kan seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og hærfanget frå Samaria berast fram for assyrarkongen.» Herren tala atter til meg og sa: Fordi dette folket vanvørder Siloa-vatnet, som renn så stilt, og misser motet ¬for Resin og Remalja-sonen, sjå, difor lèt Herren Storelva koma over dei ¬i store, stride straumar – assyrarkongen ¬og heile hans velde. Ho skal stiga ¬over alle sine bardar og fløyma ¬over alle sine bredder. Ho trengjer seg inn i Juda, kjem veltande og renn utover; ho når heilt opp til halsen ¬på folk. Med sine utbreidde venger ¬fyller ho ditt land, så vidt som det er, Immanuel! Lat hærropet lyda, de folk! Like fullt skal de skjelva ¬av redsle. Lyd etter, alle land langt borte! Bu dykk til strid, ¬de skal verta forfærde, ja, bu dykk, ¬de skal verta forfærde! Legg ein plan, ¬han skal verta til inkjes! Tal eit ord, det skal ikkje slå til! For Gud er med oss. Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket: Kall ikkje alt for samansverjing som dette folket ¬kallar samansverjing! De skal ikkje ottast ¬og ikkje skjelva for det som folket ottast. Herren, Allhærs Gud, han skal de halda heilag. Han skal de ottast og for han skal de skjelva. Han skal vera ein heilagdom, ein støytestein og eit berg ¬til fall for begge Israels rike, ei snare og ei felle for dei som bur i Jerusalem. Mange av dei skal snåva; dei skal falla og skamslå seg, gå i snara og verta fanga. Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet. Men om dei seier til dykk: «Vend dykk til gjengangarar ¬og spådomsånder, til dei som kviskrar og mumlar! Skal ikkje eit folk venda seg ¬til sine gudar og spørja dei døde til råds ¬for dei levande?» Til ordet og til vitnemålet! Er dei ikkje samde i dette, det folket som ikkje ser ¬ein ljosstråle, så skal dei fara gjennom landet, ¬forkomne og svoltne. Og når dei svelt, vert dei harme og forbannar sin konge ¬og sin Gud. Anten dei vender seg ¬mot det høge eller ser ut over jorda, er det naud og natt, ¬trengsle og mørker; ut i svarte natta er dei støytte. Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur. Det folket som ferdast ¬i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i ¬skuggelandet, skal ljoset stråla. Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg ¬i kornskurden, som ein jublar ¬når hærfang vert utskift. For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund ¬som på Midjans dag. Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde ¬for elden. For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler ¬på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. Så skal herredømet ¬verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette. Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob, det har slege ned i Israel. Dei har fått merka det, ¬heile folket, dei som bur i Efraim ¬og Samaria. Men stolte og hovmodige ¬sa dei: «Teglsteinsmurar ¬har rasa saman, vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein. Morbærtre er felte, vi plantar sedertre i staden.» Då lét Herren Resin, deira fiende, ¬reisa seg mot dei, og han eggja ¬deira motstandarar. Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vest og slukte Israel med vidope ¬gap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand. Men folket vende ikkje om til han som slo det, dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud. Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale, palmegrein og sev ¬på ein einaste dag. Dei eldste og stormennene ¬er hovudet, profetane som lærer lygn, ¬er halen. Dei som førte dette folket, ¬førte vilt, og dei som lét seg leia, fór vilt. Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deira og hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer; for alle var gudlause ¬og gjorde vondt, kvar einaste munn ¬tala dårskap. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand. Ja, gudløysa brenn som eld og øyder torn og tistel; ho set tjukke skogen i brann, og røyken stig høgt til vers. Landet er sett i brann fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm, og folket vert til føde ¬for elden. Det er ingen ¬som sparer sin bror. Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne, dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette. Kvar og ein et sin neste, Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse, og saman kastar dei seg ¬over Juda. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand. Ve dei som gjev ¬urettferdige lover og føresegner som er til ulukke! Dei driv småkårsfolk bort ¬frå retten og tek frå dei verjelause ¬i mitt folk det dei har rett på. Enkjene gjer dei ¬til sitt hærfang, og farlause plyndrar dei. Men kva vil de gjera ¬på rekneskapsdagen, når stormveret kjem ¬langt bortanfrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gjera ¬av rikdomen dykkar? Då er det ingen annan utveg enn å siga i kne mellom fangar eller å falla mellom dei drepne. Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg, og enno retter han ut si hand. Ve Assur, mitt vreideris! Min harme er staven ¬i hans hand. Eg sende han ¬mot eit gudlaust folk, baud han fara mot det folk ¬eg var harm på, så han kan røva ¬og rana og plyndra og trakka det ned ¬som avfall i gata. Men han har ikkje meint det så og gjer seg ikkje slike tankar. Nei, til å øyda står hans hug og til å rydja ut mange folk. Han seier: ¬«Er ikkje mine stormenn kongar alle saman? Gjekk det ikkje Kalno ¬som Karkemisj? Gjekk det ikkje Hamat ¬som Arpad, og Samaria som Damaskus? Når mi hand har nått til ¬dei rika der dei dyrka andre gudar, og der det var fleire gudebilete enn i Jerusalem og Samaria, skulle eg ikkje då ¬kunna gjera det same med Jerusalem ¬og gudebileta der som eg gjorde med Samaria ¬og gudane der?» Men når Herren har fullført ¬alt sitt verk på Sion-fjellet og i Jerusalem, då krev eg Assur-kongen ¬til rekneskap for fylgjene ¬av hans hovmodige ferd og for trassen ¬i hans stolte augo. For han har sagt: «Dette har eg gjort ¬med mi sterke hand, og i min visdom, for eg er klok. Eg sletta ut grenser ¬mellom folkeslag og plyndra skattane deira. I mitt velde ¬støytte eg fyrstar frå trona. Mi hand greip etter rikdomen ¬åt folka som ein grip etter eit fuglereir. Som ein samlar inn egg ¬når fuglen er flogen, har eg samla alle land på jorda. Det fanst ingen ¬som rørte ein veng eller opna nebben og peip.» Briskar vel øksa seg ¬mot den som høgg, set saga seg over den ¬som sagar? Som om staven skulle svinga ¬han som lyfter han, og stokken lyfta han ¬som ikkje er av tre! Difor skal Herren, ¬Allhærs Gud, senda tærande sjukdom mellom assyrarkongens ¬sterke menn. Under all hans herlegdom ¬skal det kveikjast ein eld, og som eit bål skal han loga. Israels ljos skal verta ein eld, Israels Heilage ein loge som brenn i landet hans og øyder både torn og tistel på ein einaste dag. Han skal gjera ende ¬på rubb og stubb i dei herlege skogane ¬og hagane hans. Det skal gå ¬som når ein sjuk tærest bort. Dei tre som vert att i skogen, skal vera lette å telja; ein smågut kan skriva dei opp. Den dagen skal Israels rest og dei av Jakobs ætt ¬som er berga, ikkje lenger stø seg ¬til han som slo dei, men trufast stø seg til Herren, Israels Heilage. Ein rest skal venda om, ¬ein rest av Jakob, til den veldige Gud. For om folket ditt, Israel, var talrikt som havsens sand, skal berre ein rest venda om. Øyding er fastsett, ho velt fram med rettferd. For Herren, Allhærs Gud, lèt den fastsette øyding koma over all jorda. Så seier Herren, Allhærs Gud: Mitt folk, du som bur på Sion, ver ikkje redd for Assur når han slår deg med stokken og lyfter staven sin mot deg, som dei gjorde i Egypt. For om ei lita stund er harmen min slokna, og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden. Då skal Herren, Allhærs Gud, svinga ei svepe over dei, som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget. Han skal retta staven sin ¬ut over havet og lyfta han sameleis ¬som i Egypt. Den dagen skal det henda at han tek børa av akslene dine og åket av halsen din; åket skal brotna ¬for ditt aukande hold. Fienden kjem over Ajjat og dreg gjennom Migron; han lèt etter seg ¬trenet i Mikmas. Så fer dei over skaret: «I Geba gjev vi oss til ¬for natta!» Rama skjelv av redsle, folket rømer frå Sauls Gibea. Skrik høgt, du Gallim-by! Lyd etter, Laisja, ¬gjev svar, Anatot! Folket i Madmena flyr, i Gebim bergar dei seg unna. Alt i dag vil fienden stå i Nob og svinga handa ¬mot Sion-fjellet, mot Jerusalems-høgda. Sjå, Herren, Allhærs Gud, høgg greinene av ¬med skræmeleg kraft. Høge tre vert felte, røslege tre sig i bakken. Den tjukke skogen ¬vert hoggen med øks, Libanon fell for Den Veldige. Ein kvist skal renna ¬or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp ¬frå hans røter. Herrens Ande ¬skal kvila over han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap ¬om Herren og age for han. Han skal ha sin hugnad ¬i age for Herren. Han skal ikkje døma ¬etter det han ser, og ikkje skifta rett ¬etter det han høyrer. Han skal døma armingar ¬med rettferd, fella rettvis dom ¬for dei verjelause i landet. Han skal slå valdsmenn ¬med riset i sin munn og drepa dei gudlause ¬med anden frå sine lipper. Rettferd skal vera ¬beltet om livet og truskap ¬beltet om hoftene hans. Då skal ulven bu saman ¬med lammet, og leoparden liggja i lag ¬med kjeet. Kalv og ungløve ¬skal beita saman, og ein smågut skal gjæta dei. Ku og bjørn skal gå og beita, ungane deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm ¬som oksen. Spedbarnet skal leika ¬innmed hola åt hoggormen, og veslebarnet skal retta ut ¬si hand mot bolet åt eiterormen. Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagn på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt ¬av kunnskap om Herren, liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn. Den dagen skal folkeslag søkja til renningen or Isais rot. Han skal stå som eit ¬samlingsmerke for folka, og bustaden hans skal vera full ¬av herlegdom. Då skal Herren endå ein gong retta ut si hand og vinna att den resten som er leivd ¬av folket hans, frå Assur, Egypt, Patros ¬og Nubia, frå Elam, Sinear, Hamat ¬og havstrendene. Han skal reisa ei fane for folka, samla dei bortdrivne av Israel og føra det spreidde ¬Juda-folket heim att ¬frå verdsens fire hjørne. Då skal Efraims avund kverva og Judas fiendskap verta ¬utrudd. Efraim skal ikkje misunna Juda og Juda ikkje visa fiendskap ¬mot Efraim. Dei slår ned ¬på filistar-skråninga i vest, og saman plyndrar dei ¬stammene i aust. Dei legg si hand ¬på Edom og Moab, og ammonittane må lyda dei. Då skal Herren turka ut havbukta ved Egypt og svinga si hand over Eufrat, kløyva elva ¬med sin sterke storm så ho vert til sju bekker, der folk kan gå turrskodde ¬over. For resten av Herrens folk som vert berga frå Assur, skal det vera ein jamn veg som det var for israelittane den dagen dei drog ut ¬or Egypt. Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre. Du var harm på meg. Men harmen din kvarv, ¬og du trøysta meg. Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging. Med fagnad skal de ausa vatn or frelseskjeldene. Og den dagen skal de seia: Lovpris Herren ¬og kall på hans namn! Kunngjer hans gjerningar ¬mellom folka, forkynn at hans namn ¬er opphøgt! Syng for Herren, ¬for han har gjort storverk; lat heile verda få vita det! Rop høgt av fryd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage, og han er midt imellom dykk. Domsord mot Babel, som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn: Reis samlingsmerket ¬på snaue fjellet, og rop til folket med høg røyst! Veifta med handa ¬at dei kan dra inn gjennom portane ¬åt dei gjæve menn! Eg har kalla inn ¬mine vigsla menn, har samla mine stolte, ¬jublande stridsmenn, som skal tena meg ¬i min vreide. Høyr ståket bortover fjella som av ein veldig hop! Høyr larmen av kongerike, av folkeslag som samlar seg! Det er Herren, Allhærs Gud, som mønstrar sin hær. Dei kjem frå eit land ¬langt borte, frå den ytste himmelrand, Herren og dei folk ¬han vil bruka når han i sin harme legg heile jorda i øyde. Set i med klagerop, for Herrens dag er nær. Han kjem med øydelegging frå Den Allmektige. Difor sig alle hender, kvart menneske misser motet. Dei vert gripne av redsle. Ve og verk kjem over dei, dei vrid seg ¬som ei fødande kvinne. Mållause stirer dei ¬på kvarandre, eldraude er dei i andletet. Sjå, full av gru er Herrens dag, han kjem med harme ¬og brennande vreide. Han skal gjera jorda aud og rydja ut syndarane der. For stjernene og stjernebileta ¬på himmelen lèt ikkje ljoset sitt skina. Mørk er sola når ho renn, og månen lyser ikkje. Eg vil straffa jorda ¬for hennar vondskap og dei gudlause ¬for deira misgjerning. Eg gjer ende ¬på dei store og stolte og bøyer hovmodige ¬valdsmenn. Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull, menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir. Difor skjek eg himmelen, og jorda skjelv ¬så ho kjem av lage, fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm den dagen vreiden hans brenn. Liksom skræmde gasellar, lik sauer som ingen samlar, skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk, og røma, kvar til sitt land. Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast, og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd. Småborna deira skal knusast beint framfor augo på dei; husa deira skal plyndrast og kvinnene takast med vald. Sjå, eg eggjar medarane ¬mot dei, eit folk som ikkje bryr seg ¬om sølv og ikkje trår etter gull. Med boge feller dei ¬unge menn, dei sparer ikkje fosteret ¬i mors liv og har ikkje medkjensle ¬med born. Med Babel, ¬krona mellom kongerike, den stolte kaldear-prydnaden, skal det gå som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde. Aldri meir skal byen byggjast, frå ætt til ætt skal ingen bu der. Der skal ingen beduin ¬slå opp sitt telt og ingen gjætar la dyra kvila. Men ørkendyr skal liggja der og husa fyllast av ugler. Der skal strutsar halda til og raggetroll hoppa ikring. Ville hundar skal yla i borgene og sjakalar i vellyst-slotta. No stundar byens time til, han har ikkje mange dagar att. Herren skal miskunna seg over Jakob og endå ein gong velja ut Israel og la dei få bu i landet sitt. Framande skal sameina seg med dei og halda seg til Jakobs ætt. Folkeslag skal ta dei og føra dei heim, og så skal Israels ætt i Herrens land gjera andre folk til sin eigedom, til trælar og trælkvinner. Dei som heldt dei i fangenskap, skal verta deira fangar, og dei skal rå over dei harde herrane sine. Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg, då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen: Sjå, no er det ute ¬med valdsherren, no er det slutt ¬på hans ville framferd! Herren har brote sund staven ¬åt dei gudlause, styrarstaven åt tyrannane, som råka folkeslag i harme og aldri heldt opp med å slå, som tvinga folket under seg ¬i vreide og forfylgde dei utan miskunn. Heile jorda har fått fred og ro, folk set i med fagnadrop. Jamvel sypressane gleder seg over det som har hendt deg, og sedrane på Libanon jublar: «Sidan du fall, kjem ingen opp og feller oss.» Dødsriket der nede kjem i uro når det skal ta imot deg. For di skuld ¬vekkjer det daudingar, alle som var fyrstar på jorda; det får alle kongane over folka til å reisa seg frå sine troner. Dei tek til ords og seier til deg: «Så er du òg vorten kraftlaus ¬som vi, no er vi alle like. Du som var så stor og stolt, til dødsriket er du nedstøytt med dine klingande harper. No ligg du på ei roten lege, mòl og makk er ditt teppe.» Kor du er fallen frå himmelen, du strålande morgonstjerne, du son åt morgonroden! Kor du er slengd til jorda, du som la under deg folkeslag! Det var du som tenkte ¬med deg: «Til himmelen vil eg stiga opp; høgt over Guds stjerner reiser eg min kongsstol. Eg tek sete på tingfjellet ¬lengst i nord. Eg vil stiga opp ¬over dei høge skyer og gjera meg lik Den Høgste.» Nei, til dødsriket ¬er du nedstøytt, lengst ned i den djupe hola. Dei som ser deg, stirer på deg, undrast og seier: «Er dette den mannen ¬som skok jorda og fekk kongerike til å skjelva, han som gjorde verda ¬til ei øydemark, la byar i grus og aldri lét fangar ¬få fara heim?» Alle kongane over folka kviler med ære, kvar i sitt hus. Men du ligg bortslengd ¬og har inga grav, du er som ein vanvørd kvist. Du er overbreidd ¬av drepne menn, som er gjennombora med sverd og kasta ned i ei steingrav, som eit nedtrakka åtsel. Du får ikkje koma i grav ¬med andre, for landet ditt har du øydt, og folket ditt har du drepe. Dei som er ætta ¬frå ugjerningsmenn, skal aldri nemnast meir. Gjer slaktebenken ferdig ¬til sønene hans for den misgjerning ¬deira fedrar har gjort! Dei skal ikkje stå opp ¬og ta jorda i eige og grunnleggja byar ¬kringom i verda. Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren. Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Herren, Allhærs Gud, ¬har svore: Det eg har tenkt, ¬skal sanneleg henda; det eg har sett meg føre, ¬står fast. Eg vil knusa assyrarane ¬i landet mitt og trakka dei ned på ¬fjella mine. Åket deira skal takast bort frå dei som er trælka, og børa lyftast av deira aksel. Dette er den plan som er lagd for all jorda, og dette er den hand som er utrett mot alle folkeslag. Når Herren, Allhærs Gud, ¬har lagt ein plan, kven kan gjera han til inkjes? Og når hans hand er utrett, kven kan venda henne bort? Det året kong Akas døydde, kom dette domsordet: Gled dykk ikkje, ¬de filistarar, fordi staven som slo dykk, ¬er broten. For av ormeætta ¬kjem det ein eiterorm, og hans frukt ¬er ein flygande orm. På mi jord ¬skal småkårsfolk finna føde og dei fattige kvila trygt. Men di ætt lèt eg døy av svolt, og dei som er att av deg, ¬skal tynast. Hyl, du port, og skrik, du by! Skjelv av redsle, ¬heile Filistarland! For ein røyk kjem drivande ¬frå nord, og ingen ligg etter ¬i fiendeflokken. Kva skal vi svara ¬sendemennene frå folket? At Herren har grunnlagt Sion, og at der finn armingane ¬i folket hans livd. Domsord mot Moab. Å, på ei natt ¬vart Ar-Moab herja og gjekk til grunne. Ja, på ei natt ¬vart Kir-Moab herja og gjekk til grunne. Folket i Dibon ¬går opp til templet, til offerhaugane og vil gråta. Moabittane held klage fordi Nebo og Medeba er tapte. Kvart hovud er snauklypt, alt skjegg er avraka. I gatene går dei ¬med syrgjeplagg, på tak og torg jamrar dei alle, medan tårene renn. Folket i Hesjbon ¬og El’ale klagar, heilt til Jahas høyrest deira rop. Difor jamrar Moabs krigsmenn, dei skjelv og misser motet. Mitt hjarta klagar over Moab. Dei som rømer der, ¬kjem til Soar og til Eglat-Sjelisjia. Ja, oppetter bakken til Luhit går folk og græt. På vegen til Horonajim klagar dei høgt ¬over samanbrotet. For Nimrim-vatnet ¬vert ei øydemark; gras og groe turkar bort, det er ikkje meir noko grønt. Difor tek dei det som er att av det dei har samla, og fører det over Seljebekken. Ja, klageropet lyder rundt om i Moab-landet; jammerskriket når til Eglajim og til Be’er-Elim. For i Dimon ¬er vatnet fullt av blod. Men endå meir ulukke ¬sender eg mot Dimon: løver mot dei ¬som slapp unna frå Moab, og mot dei som er att i landet. Send nokre verlam ¬til landsens herre, frå Sela i øydemarka til Sions fjell og by! Som flaksande fuglar, som fugleungar, ¬skræmde or reiret, skal Moabs døtrer vera ved Arnons vadestader. «Gjev oss råd, ¬og finn ein utveg! Lat skuggen din verna oss midt på dagen ¬som var det natt. Løyn dei bortdrivne, svik ikkje dei som har rømt! Lat dei bortdrivne frå Moab finna tilhald hjå deg! Ver ei livd for dei mot fienden som herjar!» Når hardferda er til ende og herjinga slutt, når dei som trakkar ned ¬for fote, er borte frå landet, då skal ein kongsstol reisast ¬i truskap, og på den skal det ¬i sanning sitja ein domar, i Davids telt, ein som legg vinn på rettferd og med iver gjer det ¬som er rett. Vi har høyrt kor store og stolte ¬moabittane er; kaute er dei og hovne og frekke ¬og store i ord. Difor jamrar moabittane, alle jamrar over Moab. Motlause sukkar dei over mennene i Kir-Hareset. Ja, Hesjbons vingardar ¬har turka bort, vintrea i Sibma står visne. Dei raude druene ¬som voks der, vart slegne til jorda ¬av herrar over folkeslag. Vintrea nådde heilt til Jaser og spreidde seg ut ¬i øydemarka. Rankene strekte seg vidt ikring og nådde ut over sjøen. Difor græt eg med Jaser over vintrea i Sibma. Eg vatnar deg med ¬tårene mine, Hesjbon og El’ale. For over di frukt og di grøde lèt fienden krigsropet ljoma. Glede og jubel ¬har kvorve frå hagane. Det er ingen som jublar ¬i vingardane, der lyder ikkje glederop. Ingen trakkar druer ¬i vinpressene, dei glade rop er stilna. Difor bivrar mitt bryst som lyrestrenger for Moab; mitt hjarta bivrar for ¬Kir-Heres. Men når moabittane stig fram og trøyttar seg ut ¬på offerhaugen, når dei går til sin heilagdom ¬og bed, så får dei ingen ting. Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab. Men no seier Herren: Om tre år – så som ein leigekar reknar åra – skal det folkerike Moab med all si ære verta vanvørdt. Det som vert att, skal vera ynkeleg lite og kraftlaust. Domsord mot Damaskus. Sjå, no er det ute ¬med Damaskus! Byen skal verta ein grushaug. Byane kring Aroer ¬skal verta folketome; buskapar skal liggja ¬og kvila der, og ingen skal skræma dei. Efraim skal missa si faste borg og Damaskus sitt kongedøme. Det som er att av Aram, skal ikkje ha større ære ¬enn Israel, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom, hans gode hold tærest bort. Det går som når skurdfolket samlar aksa med armen og skjer dei av; det er som når ein sankar aks nede i Refa’im-dalen. Berre ein etterhaust vert att, som når ein slår ned oliven: to – tre frukter øvst i treet og fire – fem på greinene, lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud. Den dagen skal mennesket sjå opp til sin skapar, og retta augo ¬mot Israels Heilage. Dei skal ikkje venda seg ¬til dei altar som deira hender har gjort, eller sjå på det ¬deira fingrar har laga, Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara. Den dagen skal ¬deira festningsbyar liggja så aude som dei stader hevittane og amorittane ¬drog bort ifrå då israelittane kom, og landet skal vera ¬ei øydemark. For du har gløymt Gud, ¬din frelsar, berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug. Difor kan du planta ¬den finaste hage og setja framande vintre i han. Om du får dei til å veksa ¬den dagen du plantar, og spira den morgonen du sår, vert frukta borte ¬når sjukdomen kjem, ein skade som ikkje kan ¬lækjast. Ve oss! ¬Høyr brusen av mange folk! Det brusar som havet. Høyr dønet av folkeætter! Det dyn som veldig vatn, det er som duren ¬av mektige bylgjer. Men når Herren trugar dei, rømer dei langt av stad. Dei vert drivne som agner ¬for vinden på haugane, som den kvervlande tistel ¬for stormen. Om kvelden er det redsle ¬som rår, men før morgonen renn, ¬er dei borte. Så går det dei som ¬plyndrar oss, slik lagnad får dei ¬som ranar oss. Ve deg, land, ¬der venger svirrar, bortanfor elvane i Nubia, du som sender bodberarar ¬over sjøen, med sevbåtar over vatnet! Gå, de snøgge sendemenn, til det høgvaksne folket ¬med glinsande hud, til folket dei ottast vide ikring, det sterke folket ¬som trakkar ned andre, i eit land som er gjennomskore ¬av elvar. Alle de som lever på jorda, som byggjer og bur ¬ikring i landa, sjå opp når dei lyfter ¬samlingsmerket på fjell, høyr etter når dei blæs i horn! For så har Herren sagt til meg: Frå min bustad ser eg ¬roleg ned, som når heten dirrar ¬i solskinet, som når skoddeeimen ligg der ¬ein haustdag. Men etter at bløminga er slutt, når druene held på og mognast, men før dei enno er hausta, skjer han rankene bort ¬med kniv, riv dei av og kastar dei frå seg. Dei skal alle gjevast til rovfugl i fjellet ¬og villdyr på marka. Om sommaren er rovfuglen ¬over dei og om vinteren alle dei ¬ville dyr. På den tid skal dei koma med gåver til Herren, Allhærs Gud, frå det høgvaksne folket med glinsande hud, frå folket dei ottast vide ikring, det sterke folket som trakkar ned andre, i eit land som er gjennomskore av elvar, – til den staden der namnet åt Herren, Allhærs Gud, bur, til Sion-fjellet. Domsord mot Egypt. Sjå, Herren fer fram ¬på lette sky og kjem til Egypt. Egyptargudane skjelv for han, og motet kverv hjå egyptarane. Eg eggjar egyptar mot egyptar, så dei strider, kvar mot ¬sin bror, mann mot mann og by mot by, og kongerike mot kongerike. Egyptarane går frå sans ¬og samling, eg skiplar deira planar. Då vender dei seg ¬til gudar og trollmenn, til gjengangarar ¬og spådomsånder. Men eg vil gje egyptarane i ein hardstyrars vald og makt; ein mektig konge ¬skal rå over dei, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Herre. Då turkar vatnet i Nilen bort, elva vert tom og turr. Elvefara ligg og tevjar, Nilens armar minkar ¬og turkar ut, røyr og sev svartnar og visnar. Graset som veks ¬frammed Nilen, og alt som er sått langs elva, turkar, fyk bort og kverv. Fiskarane syrgjer og klagar, alle som kastar krok i Nilen; og dei som set garn i vatnet, misser reint motet. Dei som arbeider med lin, ¬vert til skammar, dei som kardar og vev, ¬bleiknar. Alle vevarane sturer, lønsarbeidarane er ille til mote. Berre dårar ¬er hovdingane i Soan, vismennene åt farao ¬gjev dumme råd. Korleis kan de seia til farao: «Vi er ætta frå vismenn, frå kongar i gamal tid»? Kvar er då vismennene dine? Lat dei fortelja ¬og kunngjera deg kva Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føre å gjera med egyptarane. Dårar er hovdingane i Soan, stormennene i Nof ¬har late seg narra. Ættehovdingane i Egypt har ført folket sitt vilt. I dei har Herren rent ut ei ånd som gjer ør. Dei har fått egyptarane ¬til å raga kva dei så tek seg føre, som ein drukken ¬ragar om i sitt spy. Ingenting skal lukkast ¬for egyptarane, anten det er hovud eller hale, palmegrein eller sev ¬som gjer det. Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av angst fordi Herren, Allhærs Gud, har lyft si hand og svingar henne over dei. Juda-landet skal verta ei redsle for egyptarane. Så ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva av angst for den planen Herren, Allhærs Gud, har lagt mot dei. På den tid skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans tungemål og sver truskap til Herren, Allhærs Gud. Ein av dei skal kallast Ir-Haheres. På den tid skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte ved grensa. Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren, Allhærs Gud, i Egypt. Når dei ropar til Herren om hjelp mot valdsmenn, skal han senda dei ein bergingsmann og stridsmann, og han skal frelsa dei. Då skal Herren gjera seg kjend for egyptarane; dei skal læra han å kjenna på den tid. Og dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje han lovnader og halda dei. Herren skal slå egyptarane – slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han skal høyra bønene deira og lækja dei. På den tid skal det vera ein jamn veg frå Egypt til Assyria. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assyria, og saman skal dei tena Herren. På den tid skal Israel – den tredje i lag med Egypt og Assyria – vera ei velsigning midt på jorda. Herren, Allhærs Gud, skal velsigna dei og seia: Velsigna vere Egypt, mitt folk, Assyria, eit verk av mi hand, og Israel, min eigedom! Sargon, kongen i Assyria, sende hærføraren sin av stad, og då han kom til Asjdod, stridde han mot byen og tok han. Det året hadde Herren tala såleis til Jesaja, son til Amos: «Gå og løys strieplagget av hoftene dine og ta skorne av føtene dine!» Han så gjorde og gjekk naken og berrføtt. Då sa Herren: «Liksom Jesaja, tenaren min, har gått naken og berrføtt i tre år, til teikn og varsel mot Egypt og Nubia, såleis skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Nubia, både unge og gamle – nakne og berrføtte og med berr bak – til vanære for Egypt. Då skal folk verta forfærde og skjemmast over Nubia som dei sette si von til, og over Egypt som dei var så stolte av. Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, såleis har det gått med dei som vi sette vår von til og flydde til etter hjelp, så vi kunne bergast frå assyrarkongen. Korleis skal vi då koma unna?» Domsord mot det aude landet ved havet. Som stormkast ¬fylgjer på stormkast i Negev, så kjem det frå øydemarka, frå landet der redsle rår. Eit fælsleg syn har eg fått sjå: Ransmenn ranar, ¬og hærmenn herjar. «Rykk fram, du Elam! Gå til strid, du Media! Kvar sukk gjer eg ende på.» Difor skjelv mine hofter, eg vrid meg i verk ¬som ei fødande kvinne. Eg er så rådlaus ¬at eg ikkje kan høyra, så skjelvande redd ¬at eg ikkje kan sjå. Min hug er fortumla, eg skjelv av redsle. Skumringa ¬som eg stunda etter, er no min skrekk. Dei dukar bord ¬og breier ut teppe, dei et og drikk. «Reis dykk, hovdingar, smør olje på skjold!» For så har Herren sagt til meg: «Gå og set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda! Ser han eit tog ¬med vogner og hestar, eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar, då skal han lyda etter, lyda vel etter.» Og vaktmannen ropa: «Herre, dagen lang ¬står eg på vakt, eg er på min post ¬kvar einaste natt. Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann.» Så tek han til ords og seier: «Fallen, fallen er Babylon! Alle gudebileta i byen er knuste og slengde til jorda.» Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk! Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud, frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk. Domsord mot Edom. Det ropar til meg frå Se’ir: «Vaktmann, kor langt på natt, kor langt på natt?» Vaktmannen svarar: «Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!» Domsord mot arabarane. Søk livd for natta ¬mellom buskane på steppa, de som kjem i karavane ¬frå Dedan. Møt dei tyrste og gjev dei vatn, de som bur i Tema! Kom med brød til dei ¬som er på flukt! Dei har då rømt for sverd, for dregne sverd ¬og spente bogar og frå den harde striden. For så har Herren sagt til meg: Om eitt år – så som ein leigekar reknar året – skal det vera ute med all herlegdomen i Kedar. Då er det ikkje mange att av bogane åt Kedar-kjempene. For Herren, Israels Gud, har tala. Domsord mot Syne-dalen. Kva er på ferde hjå deg, sidan alle har stige opp på taka, du bråkande, ståkande by, du jublande, glade by? Dine falne er ikkje drepne ¬med sverd, dei er ikkje falne i strid. Dine hovdingar rømde, ¬alle som ein, dei vart fanga ¬utan eit bogeskot. Alle mennene i byen ¬vart fanga, endå dei rømde langt av stad. Difor seier eg: «Sjå bort ifrå meg! Eg må gråta sårt. Truga ikkje trøyst inn på meg fordi folket mitt er herja.» Ja, det kom ein dag frå Herren, Allhærs Gud, med nedtrakking, ¬redsle og rådløyse i Syne-dalen. Murar vart nedrivne, og skrik steig ¬opp mot fjellet. Elam lyfte pilehuset, drog fram med vogner, ¬folk og hestar, og Kir tok dekket av skjolda. I dei finaste dalane dine var det fullt av vogner ¬og hestar; heilt fram til porten stod dei. Og Herren tok sitt vern ¬frå Juda. Den dagen såg du deg om etter våpen og utstyr ¬i Skoghuset. De såg at Davids-byen ¬hadde mange rivner. Så samla de vatnet ¬i Nedredammen, talde husa i Jerusalem og reiv nokre ned ¬for å styrkja muren. De laga ein kulp ¬mellom dei to murane for vatnet frå Gamledammen. Men de såg ikkje opp til han som gjorde dette, og vende ikkje augo mot han som laga det så ¬for lenge sidan. Den dagen kalla han dykk, Herren, Allhærs Gud, til å gråta og klaga, til å raka hovudet og kle dykk i syrgjeplagg. Men her er glede og gaman, okseslakting og saueslakting, kjøteting og vindrikking. «Lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi!» Men Herren, Allhærs Gud, har openberra seg for meg ¬og sagt: «Sanneleg, denne synda ¬skal ikkje sonast så lenge de lever!» seier Herren, Allhærs Gud. Så seier Herren, Allhærs Gud: Gå inn ¬til slottsforvaltaren Sjebna, han som står føre huset! Kva har du her, ¬og kven har du her, sidan du høgg deg ut ei grav? Du høgg ei grav på ein ¬høg stad, holar deg ut ein bustad i berget. Sjå, Herren skal slengja ¬deg bort, slengja deg bort, ¬du sterke mann. Han grip deg, rullar deg saman og kastar deg som ein ball ¬på open mark. Der skal du døy, og der skal ¬dine stasvogner enda, du skamflekk for huset ¬åt herren din! Eg vil støyta deg bort ¬frå di stilling og riva deg ned frå din plass. Den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiason, tenaren min. Eg vil kle han i din bunad, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for Jerusalems-buane og Juda-folket. Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp. Eg slår han inn som ein nabb i fast vegg, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt. Men så hengjer dei på han heile tyngda av farshuset hans, både renningar og blad og alle småkjerald, frå skåler til krukker. Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, skal han losna, nabben i den faste veggen. Han skal gå av og detta ned, og det som hang på han, skal knusast. For Herren har tala. Domsord mot Tyrus. Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip, for byen er herja, husa er borte! Då dei kom frå kittearlandet, fekk dei melding om det. Ver stille, ¬de som bur utmed havet, og de som driv handel i Sidon! Over havet ¬fór dine utsende menn, over dei store hav. Av korn som dei sår ved Sjikor, og korn som dei haustar ¬ved Nilen, hadde byen si inntekt; han handla med mange folk. Ver skamfull, Sidon, du faste borg utmed havet! For så seier havet: «Eg har ikkje rier ¬og får ikkje born; unge gutar har eg ikkje ale, og unge jenter ¬har eg ikkje fostra.» Når dei får høyra ¬om dette i Egypt, skjelv dei ved tidenda ¬om Tyrus. Far over til Tarsis, set i med klagerop, de som bur utmed havet! Er dette dykkar jublande by, som vart til i eldgamal tid, som førte sitt folk på raske føter til framande land, ¬der dei kunne bu? Kven har sett seg føre dette mot Tyrus, ¬dronninga mellom byar, der handelsmenn var fyrstar og kræmarar ¬stormenn på jorda? Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føre å audmykja alt ¬som er stort og stolt, og vanæra alle stormenn ¬på jorda. Dyrk jorda, de Tarsis-folk, så som dei gjer nedmed Nilen. Her er ikkje hamner meir. Herren har rett ut si hand ¬over havet og fått kongerike til å skjelva. Han har sagt frå ¬at festningane i Kanaan skal jamnast med jorda. Han seier: ¬Du skal ikkje jubla meir, du trælka møy, ¬du Sidons dotter. Stå opp ¬og dra til kittearlandet! Heller ikkje der ¬skal du finna ro. Sjå, det var ikkje Assur, ¬men folket i Kaldea som gjorde byen ¬til ei øydemark. Dei reiste sine ¬kringsetjingstårn, jamna borgene med jorda og la han i grus. Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip, for borga dykkar er herja. På den tid skal Tyrus gløymast i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når sytti år er lidne, skal det gå Tyrus som det heiter i visa om gatejenta: Ta di lyre og gå ikring i byen, du gløymde skjøkje! Spela fagert, syng alt du kan, så folk kan minnast deg. Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyrus. Då skal byen atter få horeløn og driva utukt med alle kongerike på den vide jord. Men den vinning og løn som byen får, skal vera helga til Herren. Det skal ikkje sparast og gøymast. Dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten, så dei kan eta seg mette og kjøpa seg dyre klede. Sjå, Herren gjer jorda ¬aud og snau, endevender heile hennar flate og spreier dei som bur der. Då går det presten som folket, herren som trælen hans og husfrua ¬som trælkvinna hennar. Det går seljaren som kjøparen, lånaren ¬som den han har lånt av, og långjevaren ¬som skuldmannen hans. Aud, ja aud skal jorda verta, herjast og plyndrast skal ho; for dette ordet har Herren tala. Jorda sturer og visnar, jorderiket tærest og turkar, både himmel og jord ¬sjuknar bort. Jorda er vanhelga av dei som bur der. For dei har sett seg ¬ut over lover, levt i strid med føresegner og brote den evige pakt. Difor skal forbanning gjera ende på jorda, og dei som bur der, må bøta for si skuld. Difor minkar folket på jord, og få er dei som vert att. Vinen turkar bort, ¬vintreet visnar, og alle som var glade, sukkar. Det er slutt ¬på den lystige trommeklang, slutt på ståk og jubelrop; dei glade tonar ¬frå lyra har stilna. Syngjande tømer dei ¬ikkje vinstaupet meir, beisk er den sterke drikken. Den aude byen ligg knust, kvart hus er stengt, ¬så ingen slepp inn. På gatene jamrar dei av di dei ikkje får vin, all jubel er borte, gleda er lyst frå landet. Berre uhyggje er att i byen, og porten ligg krasa. For mellom folka på jord skal det gå på same vis som når ein slår ned oliven eller sankar druer som heng att når vinhausten er til ende. Men somme lyfter si røyst og jublar over Herrens velde. Dei ropar av glede i vest: «Gjev Herren ære, de som bur i Austerland! Pris namnet åt Herren, ¬Israels Gud, de som bur på øyar ¬og strender!» Frå heimsens ende ¬høyrer vi songar: Ære vere Den Rettferdige! Men eg må seia: Eg går til grunne! Ve meg, eg går til grunne! Ransmenn ranar, ja, ransmenn ranar og herjar. Det vert gru og grav og garn for deg som bur på jorda. Den som rømer ¬for det grufulle ståket, skal falla i grava, og den som kjem seg opp ¬or grava, skal fangast i garnet. For lukene i det høge er opna, og grunnvollane ¬under jorda skjelv. Jorda brest og knest, jorda ragar og svagar, jorda skjek og skjelv. Jorda ragar ¬som ein drukken mann og svagar ¬som vaktmannens skur. Tungt ligg synda på henne, ho fell og reiser seg ikkje meir. Den dagen skal Herren straffa himmelhæren i det høge og kongane nede på jorda. Dei skal samlast ¬som fangar i hola, stengjast inne i fengsel og langt om lenge få si straff. Då skal månen blygjast ¬og sola skjemmast; for Herren, Allhærs Gud, ¬er konge på Sion-fjellet og i Jerusalem, og syner sin herlegdom ¬for sine eldste. Herre, du er min Gud. Eg lovar deg ¬og prisar ditt namn. For i truskap og sanning ¬har du fullført dei under du planla i gamal tid. Du gjorde byen til ei steinrøys, festningsbyen til ein grushaug. Borga åt dei framande ¬er jamna med jorda, ho skal aldri byggjast meir. Difor skal eit mektig folk ¬æra deg, i valdsmenns by ¬skal dei ottast deg. Du vart eit vern ¬for dei verjelause, eit vern for dei fattige ¬i deira naud, ei livd mot styrtregn, ¬ein skugge mot hete. For valdsmenns fnysing er som styrtregn mot muren, som hete i eit utturka land. Du døyvde bråket ¬åt dei framande. Som ei sky ¬gjev skugge mot heten vart songen ¬åt valdsmenn døyvd. På dette fjellet skal Herren, ¬Allhærs Gud, gjera eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin. På dette fjellet skal han ta bort det sløret som ligg ¬over alle folk, det sveipet som er lagt ¬over alle folkeslag. Han skal gjera døden ¬til inkjes for alltid. Herren vår Gud skal turka tårene av alle andlet. Sitt folks vanære ¬skal han ta bort frå heile jorda. For Herren har tala. Den dagen skal dei seia: «Sjå, dette er vår Gud! Vi venta på han, og han frelste oss; dette er Herren som vi ¬venta på. Lat oss gleda og fagna oss ¬over hans frelse!» For Herrens hand skal kvila over dette fjellet. Men moabittane skal trakkast ¬ned i sitt land, liksom halm vert nedtrakka ¬i gjødselvatn. Der breier dei ut sine hender lik den som legg på sum. Men Herren bøyer ¬deira hovmod kor dei så kavar med hendene. Dine høge festningsmurar ¬støyter han ned, han jamnar dei med jorda og styrtar dei i støvet. Den dagen skal dei syngja denne songen i Juda: Vi har ein sterk by. Murar og festningsvollar er reiste til vern for oss. Lat opp portane, så det kan dra inn, det rettferdige folket som held fast på sin truskap. Den som er fast i hugen, han lèt du alltid ha fred, for han set si lit til deg. Så lit då alltid på Herren, for Herren er eit evig fjell! Han støyter ned dei ¬som bur i det høge, i ein utilgjengeleg by. Han jamnar byen med jorda og styrtar han i støvet. Armingar og fattigfolk skal trakka han under fot. Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige, for dei rettvise banar du veg. Herre, vi ventar på deg og fylgjer den veg ¬du har fastsett. Vi lengtar og stundar etter deg og ditt namn. Om natta stundar mi sjel ¬etter deg, ja, ånda i meg søkjer deg. Når dei held seg ¬til dine lover på jorda, lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda. Får den gudlause nåde, lærer han ikkje rettferd. Han gjer urett i landet der rett skulle rå, og ser ikkje Herrens velde. Herre, di hand er lyft, men det ser ingen. Lat dei skjemmast ¬når dei får sjå din brennhug for folket. Lat eld øyda dine ¬motstandarar! Herre, du hjelper oss til fred. For alt det vi har gjort, det òg har du gjort for oss. Herre, vår Gud! Andre enn du har hatt herredøme over oss. Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi. Døde livnar ikkje, daudingar står ikkje opp. For du har kravt dei ¬til rekneskap, gjort ende på dei og rudt ut kvart minne om dei. Du har gjort folket stort, Herre, gjort det stort og vunne ære, du gjorde alle ¬landsens grenser vide. Herre, dei søkte deg i nauda, og kviskra fram bøner då du tukta dei. Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skrik når riene kjem og ho skal føda, så har du laga det for oss, ¬Herre. Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk, men det er som føder vi vind. Vi har ikkje gjeve landet frelse, ingen vert fødd til å bu ¬på jorda. Dine døde skal verta levande, mine lik skal stå opp. Vakna og rop av fryd, de som bur i molda! For di dogg er ei lysande dogg, og jorda gjev døde ¬attende til livet. Gå inn i kovane dine, mitt folk, og lat att dørene etter deg! Gøym deg ei lita stund, til vreiden går over! For sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad; han vil straffa dei ¬som bur på jorda, for deira synd og skuld. Då skal jorda la koma for dagen det blod som er utrent der, og ikkje lenger løyna ¬dei drepne. Den dagen skal Herren ¬med sitt sverd, det harde og store og sterke, straffa Leviatan, ormen som rømer så raskt, Leviatan, ¬ormen som buktar seg fram. Han skal drepa draken ¬som er i havet. Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege ¬vingarden! Det er eg, Herren, ¬som vaktar han og vatnar han til kvar tid. Eg vaktar han dag og natt, så ingen skal skada han. Eg er ikkje lenger harm. Men finn eg torn og tistel, då går eg til strid imot dei og brenner opp alt i hop, – om dei då ikkje ¬søkjer vern hjå meg, og gjer fred, ja, gjer fred med meg. I dagar som kjem ¬skal Jakob røta seg, Israel skal veksa og bløma og fylla heile verda med frukt. Har vel Herren slege Israel som han slo dei ¬som slo hans folk? Eller har Israel vorte drepe som drapsmennene åt folket ¬vart drepne? Du tukta folket då du skræmde det opp ¬og jaga det bort. Herren støytte det frå seg med sin sterke pust den dagen det storma frå aust. Men såleis ¬skal Jakobs skuld sonast, og dette er frukta når hans synd vert bortteken: Alle altarsteinane ¬skal han knusa, som når kalkstein vert knust. Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara skal ikkje verta ståande. Einsam ligg festningsbyen, ein folketom bustad, ¬aud som øydemarka. Der går kalvar og beiter, dei roar seg der og et ¬kvar kvist. Når greinene turkar, ¬bryt ein dei av, kvinner kjem ¬og nører opp eld med dei. For dette er eit uvitug folk. Difor syner skaparen ¬dei inga medkjensle, han som laga dei, ¬er dei ikkje nådig. Den dagen skal Herren ¬slå fruktene ned frå den strøymande Storelv ¬til Egyptarbekken, og de, Israels søner, skal samlast inn, ein for ein. Den dagen skal dei blåsa ¬i eit stort horn. Då kjem dei bortkomne ¬i Assyria heim att og dei som er spreidde i Egypt. Og dei skal tilbe Herren på det heilage fjellet ¬i Jerusalem. Ve den stolte kransen åt Efraims drukne menn! Ve dei visnande blomane, Efraims herlege prydnad, på høgda ¬over den grøderike dalen, der dei ligg drukne av vin. Sjå, Herren sender ¬ei mektig kjempe. Som ein hagl-eling, ¬ein øydande storm, som ei kraftig regnskur ¬med flaumar av vatn slår han dei til jorda med makt. Under fot skal han trakkast, den stolte kransen åt Efraims drukne menn. Med dei visnande blomane, Efraims herlege prydnad, på høgda ¬over den grøderike dalen, skal det gå ¬som med ein sommarfiken som er mogen før hausten: Når nokon ser han, ¬sluker dei han så snart dei får han i handa. Den dagen skal Herren, ¬Allhærs Gud, verta ein fager krans ¬og ei strålande krone for leivningen av folket sitt. Han skal gje den ¬som sit på domarsetet, evne til å døma rett, og styrkja dei som driv fienden attende frå porten. Men det er andre òg ¬som sjanglar, som ragar av vin ¬og sterk drikk: Prestar og profetar er drukne, heilt fortumla av vin. Dei ragar ¬av den sterke drikken, dei sjanglar når dei har syner, og er ustøe når dei dømer. Ja, alle bord er fulle av spy, ikkje ein flekk er rein. «Kven vil profeten ¬gje kunnskap? Kven vil han få ¬til å skjøna sin bodskap? Born som nett er avvande, som nyss er tekne frå brystet? Bod på bod, krav på krav, litt her og litt der!» Ja, gjennom folk ¬med stammande lipper og med framandt tungemål skal han tala til dette folket, han som sa til dei: «Her er staden der dei kan slå seg ned. Lat den trøytte få ro, her kan han kvila.» Men dei ville ikkje høyra. Så skal då Herrens ord for dei verta «bod på bod, krav på krav, litt her og litt der!» Når dei går, skal dei snåva, detta bakover og skamslå seg, gå i snara og verta fanga. Så høyr då Herrens ord, ¬de spottarar som rår over folket i Jerusalem! De seier: «Vi har gjort ei pakt ¬med døden, ein avtale med dødsriket. Når flaumen kjem veltande, skal han ikkje nå oss. For vi har gjort lygn til livd og løynt oss bak svik.» Difor, så seier Herren vår Gud: Sjå, eg legg ein grunnstein ¬på Sion, ein velprøvd stein, ein dyrverdig, ¬grunnfast hjørnestein. Den som trur, tek det med ro. Eg vil gjera rett til mælesnor, rettferd til loddsnor. Hagl skal sopa bort lygnlivda, vatn skal skylja vekk ¬deira gøymsle. Den pakt de har med døden, skal setjast ut av kraft, avtalen med dødsriket skal ikkje stå ved lag. Når flaumen kjem veltande, skal han slå dykk ned. Så tidt han kjem farande, skal han riva dykk med seg. For morgon etter morgon ¬skal han koma, ja, både dag og natt. De skal skjelva av redsle når de skjønar bodskapen. For senga er for kort til å strekkja seg i og teppet for lite til å sveipa seg i. Ja, Herren skal reisa seg som på Perasim-fjellet og harmast som ¬i Gibeon-dalen. Han skal gjera si gjerning, ei underleg gjerning. Han skal gjera sitt verk, eit sjeldsynt verk. Hald no opp ¬med den frekke spott, så lekkjene dykkar ¬ikkje skal strammast! For frå Herren, Allhærs Gud, ¬har eg høyrt at øyding er fastsett ¬for heile landet. Vend øyra til og høyr mi røyst, lyd etter og høyr kva eg seier! Når bonden pløyer og skal så, held han då støtt på med å pløya og snu ¬og horva si jord? Nei, når han har jamna åkeren, spreier han dill ¬og strøyer ut karve, sår kveite, durra, bygg ¬og hirse, og spelt langsmed åkerreina. Hans Gud har synt han ¬den rette måten og lært han ¬korleis det skal gjerast. Ingen treskjer dill med slede eller rullar vognhjul over ¬karve. Nei, dill vert banka ut med ¬stav og karve med ein kjepp. Vert vel brødkornet knust? Nei, ein treskjer det ¬ikkje for lenge. Ein køyrer hestar ¬og vogner over, men lèt ikkje hjula ¬knusa kornet. Dette òg kjem frå Herren, ¬Allhærs Gud. Underfulle er hans råd, stor er hans visdom. Usæl Ariel, Ariel, byen der David slo leir! Legg berre år til år, lat høgtider koma og gå! Eg vil føra trengsle over Ariel – då vert det sorg og sut, og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel. Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg, kasta opp vollar ikring deg og reisa skansar mot deg. Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda, mulla fram dine ord frå støvet. Di røyst skal stiga ¬som daudingmål, dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda. Men så vert flokken ¬av dine fiendar som fint støv og hopen av valdsmenn ¬som fykande agner. Brått, i ein augneblink, kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud, med bulder og brak ¬og veldig døn, med vindkast, ¬storm og øydande eld. Som ein draum, ¬som eit syn om natta, vert dei borte, ¬dei mange folkeslag som strider mot Ariel, som går til åtak ¬på byen og borga og fører trengsle over han. Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymer og tykkjer at han får mat: Når han vaknar, ¬er han like svolten. Det går som når ¬den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk; han vaknar maktlaus og tyrst. Så går det ¬med dei mange folkeslag som strider mot Sion-fjellet. Stir på kvarandre, ¬fulle av undring, lat augo klinast att, ¬og ver blinde! Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin, og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk! For Herren har rent ut ¬over dykk ei ånd som valdar tung svevn. Han har late att augo dykkar ¬– profetane, og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane. Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.» Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.» Herren sa: Fordi dette folket held seg nær til meg ¬med munnen og ærar meg med lippene, medan hjarta er langt borte ¬frå meg, og fordi deira age for meg er menneskebod ¬som dei har lært seg, difor vil eg framleis ¬fara underleg fram, underleg og underfullt ¬mot dette folket. Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgå og klokskapen ¬åt dei kloke kverva. Ve dei som nede i det djupe løyner for Herren ¬det dei har føre! Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkret og seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?» Kor bakvendt de tenkjer! Skal ikkje krusmakaren aktast høgare enn leira? Kan verket seia ¬om handverkaren: «Han har ikkje laga meg,» og kjeraldet om krusmakaren: «Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»? No er det berre ei lita stund, så skal Libanon ¬verta ein frukthage, og det som no er frukthage, skal reknast for skog. Den dagen skal dei døve høyra ord som står skrivne i bok, og ut or mørker og dimme skal blinde augo sjå. Dei hjelpelause skal atter gleda seg i Herren, og dei fattige skal jubla over Israels Heilage. For borte er valdsmannen, ute er det med spottaren, og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap, dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige, la snarer for den ¬som hevda retten på tinget, og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk. Difor, så seier Herren, han som er Gud for Jakobs ætt, han som fria ut Abraham: No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar, hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir. For når han ¬og borna hans får sjå det mine hender ¬har gjort imellom dei, då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt, dei skal helga Jakobs Heilage og ottast Israels Gud. Dei som fer vilt i sine tankar, skal læra skjøn, og dei som murrar, skal få visdom. Ve dei trassige sønene! lyder ordet frå Herren. Dei set i verk planar ¬som ikkje er frå meg, og gjer samband ¬utan min Ande. Såleis legg dei synd til synd. Dei fer av stad til Egypt og har ikkje rådspurt meg. Dei vil søkja vern hjå farao og finna livd ¬i skuggen av Egypt. Men det vern de søkjer ¬hjå farao, skal verta til skam for dykk, og den livd de finn ¬i skuggen av Egypt, skal verta til vanære. For om Israels hovdingar ¬kjem til Soan, og deira sendemenn ¬når fram til Hanes, så vert dei alle til skammar ved eit folk ¬som ikkje gagnar dei, som korkje er til hjelp ¬eller nytte, men berre til skam og vanære. Domsord om dyra i Negev. Gjennom eit land ¬med naud og trengsle, der løver og løvinner ¬har sin heim, der hoggorm og flygande ¬ormar held til, fører dei sin rikdom ¬på eselrygg, sine skattar på kamelpuklar til eit gagnlaust folk. Den hjelp egyptarane gjev, er ingenting verd. Difor kallar eg landet: «Rahab som held seg i ro». Gå no inn og rita dette på ei tavle for dei! Skriv det opp i ei bok, så det i komande dagar kan vera eit evig vitnemål. Ja, dette er eit trassig folk, søner som fer med lygn, born som ikkje vil lyda ¬Herrens lov. Dei seier til sjåarane: «De skal ikkje sjå!» og til profetane: «Kom ikkje til oss med syner om det som er rett! Sei oss slikt ¬som vi gjerne vil høyra, lat oss få hildrande syner! Vik av frå vegen, ¬bøy av frå stigen, lat oss vera i fred ¬for Israels Heilage!» Difor seier Israels Heilage: Fordi de vanvørder dette ordet, set lit til vald og svik og stør dykk til slikt, difor skal denne uretten ¬verta dykk som rivna i ein høg mur: Ho vert større og større, til muren ramlar ned, brått, i ein augneblink. Han går i knas som eit leirkar, som ein slår sund utan skånsel. Mellom stykka ¬finst det ikkje eit krusbrot som kan brukast ¬til å henta eld frå åren eller til å ausa vatn or brunnen. Så sa Herren Gud, Israels Heilage: «Vender de om ¬og held dykk i ro, skal de verta frelste. I stilla og tillit skal dykkar styrke vera.» Men de ville ikkje. De sa: ¬«Nei, med hestar vil vi fara,» – ja, de skal så visst få fara! «og med snøgge vogner ¬vil vi køyra.» Ja, snøgge er dei ¬som forfylgjer dykk! Tusen skal fly ¬når ein einaste trugar, for trugsmål frå fem ¬skal de røma, til berre ein leivning er att, som eit samlingsmerke ¬på ein fjelltopp, som ei merkestong på ¬ein haug. Men Herren stundar etter ¬å vera dykk nådig; difor reiser han seg ¬og vil visa dykk miskunn. For Herren er rettens Gud. Sæle er alle som ventar på han! Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg. Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg, og når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!» Då skal du halda dei for ureine, dei sølvkledde gudebileta dine og dei gullkledde støypebileta dine. Du skal slengja dei bort som skitne filler. «Ut med dykk!» skal du seia. Då skal Herren gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som jorda ber, og det skal ha både saft og kraft. Den dagen skal feet ditt beita på vide marker. Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta salta blandingsfôr som vert kasta fram med skuffel og greip. På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera rennande bekker, på den store drapsdagen, når tårna fell. Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira. Sjå, langt bortanfrå ¬kjem Herren med brennande vreide, ¬i alt sitt velde. Hans lipper dirrar av harme, hans tunge er ¬som øydande eld. Hans pust ¬er lik ei fløymande elv som når heilt opp til halsen. Han legg eit tyningsåk ¬på folkeslaga, eit villføringsbeisel ¬i munnen på folka. Då skal de syngja som den natt ¬då høgtida vert innvigd, de skal jubla av glede som når de går med fløytespel til Israels Berg på Herrens fjell. Si mektige røyst ¬lèt Herren ljoma og syner korleis ¬hans arm slår ned med brennande vreide ¬og øydande eld, med storm og styrtregn ¬og kraftig hagl. Ja, Assur skal skjelva av redsle når Herrens røyst lyder, når han slår med staven. Kvar gong Herren ¬gjev han eit slag med sin tuktande stokk, skjer det til trommelåt ¬og lyreklang. I striden svingar han sin arm og kjempar imot han. Ein eldstad er alt laga til, og den er tiltenkt kongen. Bålet er gjort både høgt og vidt med eld og ved i mengd. Og som ein svovelstraum set Herrens ande det i brann. Ve dei som fer ned ¬til Egypt etter hjelp og set si lit til hestar, som stolar på vogner ¬fordi dei er mange, og på hestfolk ¬fordi dei er sterke, men ikkje vender seg ¬til Israels Heilage og ikkje søkjer råd hjå Herren. Men han òg er vis ¬og lèt ulukka koma, sine ord tek han ikkje att. Han reiser seg mot flokken ¬av dei som gjer vondt, mot ugjerningsmenn ¬som kjem med hjelp. Egyptarane er menneske ¬og ikkje Gud, deira hestar er kjøt og ¬ikkje ånd. Når Herren retter ut si hand, skal hjelparen snåva, og den som har fått hjelp, falla; og alle skal dei gå til grunne. For så har Herren sagt til meg: Liksom løva, den unge løva, knurrar over sitt rov og ikkje vert skræmd ¬av gjætarars rop eller dukkar seg ned ¬når dei bråkar, om heile flokken samlar seg ¬mot henne, såleis skal Herren, ¬Allhærs Gud, stiga ned og strida på Sions fjell og haug. Liksom fuglane ¬breier ut sine venger, skal Herren, Allhærs Gud, verna om Jerusalem. Han skal verna og berga, skåna og fria ut. Vend om, de Israels søner, til han de fall så djupt ifrå! Den dagen skal de alle ¬kasta frå dykk avgudane av sølv og gull, som de sjølve har laga ¬– til synd. Assur skal falla for eit sverd som ikkje vert svinga ¬av menneske; det sverdet ¬som gjer ende på han, er det ikkje ein mann ¬som lyfter. Han skal røma for sverdet, og hans unge stridsmenn skal setjast til tvangsarbeid. Hans berg skal dra bort ¬i redsle, hans hovdingar røma frå fana. Så lyder ordet frå Herren, som har ein eld i Sion, ein omn i Jerusalem. Når kongen råder ¬med rettferd, og stormenn styrer med rett, då vert kvar av dei ¬som ei livd mot vinden og som eit skjol mot styrtregn, som rennande bekker ¬i turt land, som skuggen av eit mektig fjell på jord som tyrstar etter vatn. Dei som har augo å sjå med, skal ikkje vera blinde, og dei som har øyro ¬å høyra med, skal lyda etter. Dei som ikkje tenkjer seg om, skal læra å skjøna; dei stamme skal tala ¬lett og klårt. Dåren skal ikkje lenger ¬kallast gjæv og skarven ikkje ein ¬adelsmann. For ein dåre talar dårskap, i sitt hjarta ¬legg han vonde planar: Han vil gjera gudlaus gjerning, tala vilt og vrangt mot Herren, la den sveltande sakna mat og den tyrstande vanta drikke. Skarvens våpen er vonde, han legg skamlege planar. Han vil skada dei hjelpelause ¬med lygn, og dei fattige ¬om dei hevdar sin rett. Men gjæv mann ¬legg gjæve planar, han står fast ¬på det som er gjævt. De sorglause kvinner, ¬stå opp, høyr mi røyst! De trygge døtrer, ¬vend øyra til min tale! År etter år skal de skjelva, ¬de trygge; for vinhausten slår feil, og det kjem ingen frukthaust. Skjelv, de sorglause kvinner, ja, skjelv av redsle, de trygge! Kled dykk nakne, bind syrgjeplagg om hoftene! Slå dykk for bringa, ¬lat klagerop lyda over fagre marker ¬og gode vintre, over åkrane åt folket mitt, der torn og tistel skyt opp, ja, over kvar lukkeleg heim i den jublande byen! For slottet ligg tomt, og den ståkande hopen ¬er borte frå byen. Haugen og vakttårnet ¬har for alltid vorte til opne marker, der villesel gler seg og buskapar beiter. Så skal det vera til ånd frå det høge ¬vert utrend over oss. Då skal øydemarka ¬verta frukthage, og frukthagen ¬skal reknast for skog. Rett skal bu i øydemarka og rettferd ¬i det grøderike landet. Rettferda skal koma med fred, og rettferds frukt ¬er evig ro og tryggleik. Mitt folk skal bu ¬i eit fredeleg land, i trygge heimar, ¬der dei sorglaust kan kvila. Skogen skal fellast og falla, byen skal siga i røys. Sæle er de ¬som sår attmed alle bekker, som lèt okse og esel ¬gå fritt ikring! Ve deg som herjar, men ikkje sjølv er herja, du ransmann ¬som ingen har rana! Når du er ferdig med å herja, skal du herjast sjølv; når du sluttar å rana, skal dei rana deg. Ver oss nådig, Herre, ¬vi ventar på deg! Ver du vår styrke kvar morgon, vår frelse når vi er i naud. For di veldige røyst ¬rømer folka; når du reiser deg, ¬vert folkeslag spreidde. Folk riv til seg hærfang som når grashopper snøyer, som grashoppesvermar kastar dei seg over det. Opphøgd er Herren, ¬han bur i det høge; han fyller Sion ¬med rett og rettferd. Trygge tider skal du få sjå, ein rikdom av frelse, ¬visdom og kunnskap. Då skal age for Herren ¬vera Sions skatt. Høyr, Ariels menn, ¬kor det skrik der ute! Sårt græt dei sendemenn ¬som tinga om fred. Vegane ligg aude, ingen ferdast på stigane meir. Pakta vert broten ¬og vitne vanvørde; ingen bryr seg om menneske. Landet sturer og visnar, Libanon sjuknar bort av skam, Saron er som den aude mark, Basan og Karmel misser lauvet. No vil eg reisa meg, ¬seier Herren, no vil eg stå opp og stiga fram. De er svangre med høy ¬og føder halm, min pust skal øyda dykk ¬som eld. Folkeslag skal brennast til kalk, dei skal brennast ¬som avhoggen klunger. Høyr kva eg vil gjera, de som er langt unna, og kjenn min styrke, de som er nær! Syndarar skjelv ¬av redsle på Sion, angst har gripe dei gudlause: «Kven kan bu ¬ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?» «Den som ferdast i rettferd og talar det som er rett, som seier nei til vinning ¬vunnen med vald, som veiftar med handa og viser at han ikkje tek muter, stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd, og lèt augo att ¬for det som er vondt, han får bu på høge stader, bratte fjell er hans vern; han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.» Med eigne augo skal du skoda Kongen i hans herlegdom, og du får sjå eit vidsveimt land. Du skal tenkja på redsla ¬som rådde: Kvar er han som skreiv og vog, kvar er han som talde tårna? Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket, folket med ¬det vanskelege språket som ingen skjønar, med stammande tunge ¬som ingen kan tyda. Sjå på Sion, byen der vi held våre høgtider! Augo dine skal skoda Jerusalem, den trygge stad, teltet som ikkje skal flyttast, med pluggar ¬som ikkje skal rivast, og snorer som aldri slitnar. For der er Herren, ¬den veldige, med oss. Der skal breie elvar strøyma; men på dei skal båtar ikkje gå og stolte skuter ikkje fara. For Herren er vår domar, han er vår hovding, Herren er vår konge, han frelser oss. Slakt heng tauverket ¬på dine skip, det held ikkje masta på plass og held ikkje seglet utspent. Då kan folk skifta hærfang ¬i mengd, jamvel lame ranar og plyndrar. Ingen borgar skal seia: ¬«Eg er sjuk.» Dei som bur der, har fått sine synder tilgjevne. Kom hit og høyr, ¬de folkeslag, lyd etter, de folkeætter! Jorda og alt som fyller henne, ¬skal høyra, jordheimen og alt som ¬lever der. For Herren er harm på alle folk, han er vreid på heile deira hær. Han har bannstøytt dei og gjeve dei til slakting. Dei drepne vert slengde ¬til sides; teven stig frå lika, og blodet renn på fjella. Heile himmelhæren ¬går i oppløysing, himmelen vert ihoprulla ¬som ein bokrull. Heile hans hær skal visna som lauvet på vintreet visnar, og frukta på fikentreet ¬turkar inn. Når sverdet mitt har sløkt sin torste på himmelen, då fer det ned over Edom, det folk eg har bannlyst ¬og dømt. Herrens sverd er fullt av blod, det er metta med feitt, med blod av lam og bukkar, med nyrefeitt av verar. For Herren held offerslakting ¬i Bosra, ei stor nedslakting i Edom. Saman med folket ¬skal villoksar falla, unge stutar og sterke oksar. Landet skal drikka seg ¬utyrst av blod og jorda gjødslast med feitt. For det er ein hemnardag ¬for Herren, eit attergjeldsår ¬i striden for Sion. Bekkene i Edom ¬skal verta til bek og molda til svovel; ja, landet skal verta ¬til brennande bek. Korkje dag eller natt ¬skal det slokna, evig skal røyken stiga frå det. Frå ætt til ætt ¬skal landet liggja audt, aldri skal nokon ¬fara igjennom det. Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige, ugle og ramn skal bu i det. Herren strekkjer mælesnor ¬og lodd ut over landet, og det vert audt og snautt. Det finst ikkje stormenn der, og ingen ¬som kan ropast ut til konge; det er ute med alle hovdingar. I slotta veks klunger, i borgene nesle og tistel. Landet vert ein heim ¬for sjakalar, ein tilhaldsstad for strutsar. Ville hundar ¬og ørkendyr møtest, raggetroll ropar til kvarandre. Der slår Lilit seg òg til ro og finn seg ein kvilestad. Der byggjer pilormen bol ¬og legg egg, han rugar og klekkjer dei ut ¬i skuggen. Der samlast gribbane ¬med kvarandre. Sjå etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av desse dyra ¬skal vanta, ingen av dei ¬skal sakna dei andre. For påbodet kjem ¬frå Herrens munn, det er hans Ande ¬som samlar dei. Sjølv har han kasta lodd ¬for dei; med mælesnor i si hand skifter han ut landet. Dei skal ta det i eige ¬for alle tider og bu der frå ætt til ætt. Øydemark og turrlende ¬skal gleda seg, den aude hei ¬skal jubla og bløma. Ho skal bløma som lilja og jubla, ja ropa av fryd. Libanons herlegdom ¬får ho i gåve, Karmels og Sarons prydnad. Herrens herlegdom ¬skal folket få sjå, stråleglansen frå vår Gud. Styrk dei kraftlause hender, gjer dei skjelvande kne sterke! Sei til dei urolege hjarto: Ver frimodige, ver ikkje redde! Sjå, der er dykkar Gud! Han kjem med straff. Gud vil gjera attergjeld. Sjølv kjem han og frelser dykk. Då skal blinde augo opnast og dauve øyro latast opp. Då skal den lame ¬springa som ein hjort og tunga åt den mållause jubla. For kjelder bryt fram ¬i øydemarka og bekker på dei turre vidder. Den gloande sand ¬vert til sevkransa sjø, det tyrste land ¬til vassrike kjelder. Sjakalars mark ¬vert ein kvilestad, der graset gror ¬mellom røyr og sev. Og der skal det ¬vera ein kongsveg, Den heilage vegen ¬skal han kallast. På den skal ingen urein ¬ferdast, det skal vera ein pilegrimsveg ¬for Guds folk; ikkje eingong dårar ¬skal fara vilt. Der skal inga løve ferdast og inkje rovdyr setja sin fot; dei skal ikkje finnast meir. Men dei utløyste ¬skal ferdast der. Herrens utløyste ¬skal venda heim att. Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop, med evig glede om si panne. Fryd og glede skal møta dei, sorg og sukk må røma. I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei. Så sende assyrarkongen hærføraren sin med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Han stogga innmed vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen. Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til han saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf. Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg? Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg? Du set nok di lit til Egypt, den brotne røyrstaven, som stikk hol i handa på dei som stør seg på han. Såleis er farao, kongen i Egypt, for alle som lit på han. Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort, då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret skal de bøya dykk og tilbe?» Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei. Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå? Trur du kanskje at eg har drege mot dette landet for å øydeleggja det utan at Herren ville det så? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde. Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.» Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.» Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier! Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.» Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg, og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn, til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar. Lat ikkje Hiskia få lokka dykk når han seier: «Herren vil nok berga oss.» Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria? Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand? Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem! Dei tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han. Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt. Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus. Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos. Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda. Kanskje Herren din Gud høyrer det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!» Då kongsmennene kom til Jesaja, sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg. No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.» Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj, og møtte han medan han stridde mot Libna. Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa: «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga! Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar? Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?» Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr alle dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud! Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt alle land og folkeslag. Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.» Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria. Og dette er det ordet Herren talar mot han: Ho hånar deg og spottar deg, Sions dotter, den unge møy; ho rister på hovudet etter deg, Jerusalem, den unge jenta. Kven er det ¬du krenkjer og vanærar? Kven tek du til ords imot? Høgt lyfter du augo dine mot Israels Heilage. Du lét dine tenarar ¬spotta Herren og sa: ¬«Med mine mange vogner fór eg opp til dei høge fjell, langt inn på Libanon. Der felte eg høgvaksne sedrar og dei finaste sypressar. Eg nådde til den høgaste topp, der skogen står som ein hage. Eg har grave etter vatn og drukke or framande kjelder. Med mine fotsolar turka eg ut alle elvane i Egypt.» Har du ikkje høyrt om dette? Eg planla det for lenge sidan; eg laga det så i eldgamal tid, og no har eg sett det i verk. Så kunne du øyda ¬festningsbyar og gjera dei til ruinhaugar. Dei som budde der, stod med kraftlause hender, fylte av redsle og skam. Dei likna vokstrane på marka, den grøne groen ¬og graset på tak, som svid av før det veks til. Om du sit eller står, om du kjem eller går, så kjenner eg til det. Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det. Men fordi du rasar mot meg, og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er, set eg ring i nasen din og legg beisel i munnen din. Så fører eg deg attende den vegen du er komen. Dette skal du ha til teikn: I år må de eta ¬det som gror av spillkorn, og til års korn ¬som har sått seg sjølv. Men tredje året ¬skal de så og hausta, planta vingardar og eta frukta. Den resten av Juda ¬som vert berga, skal atter skyta djupe røter, og greinene skal bera frukt. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest, frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga. Dette skal Herren, ¬Allhærs Gud, gjera i sin brennhug. Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen: Han skal ikkje koma inn ¬i denne byen og ikkje skyta ei pil dit inn. Han skal ikkje gå imot han ¬med skjold, og ikkje kasta opp ein voll ¬imot han. Den vegen han kom, ¬skal han fara attende; i denne byen ¬skal han ikkje koma inn, lyder ordet frå Herren. Eg vil verna byen og berga han for mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld. Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive. Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han. På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.» Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt. Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så: «Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. Sjå, eg legg endå femten år til levetida di. Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde, og eg vil verna denne byen. Og dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Eg lèt skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar attende, like langt som ho før hadde gått fram. Ein salme som Juda-kongen Hiskia fekk skriven då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen: Eg tenkte: I mine beste år må eg gå bort. Attmed portane til dødsriket ¬må eg halda til dei dagar eg har att. Eg sa: Eg får ikkje sjå Herren i landet åt dei levande. Eg får ikkje skoda ¬menneske meir mellom dei som bur på jorda. Som eit gjætartelt vert min bustad teken ned og ført bort ifrå meg. No rullar eg saman min ¬livsvev, dei siste trådane skjer han av. Frå morgon til kveld gjev du meg i dødens vald. Eg ropar om hjelp ¬til morgonen renn; som ei løve ¬knasar han alle mine bein. Frå morgon til kveld gjev du meg i dødens vald. Eg pip som svala og trasta og klynkar som ei due. Med sløve augo ¬ser eg opp mot det høge. Eg er i naud, Herre, gå god for meg, du! Kva skal eg seia? Han gav meg ein lovnad og har gripe inn. Stilt vil eg ferdast ¬alle mine dagar etter all mi sjelekvide. Herre, ved dette ¬får menneske liv, det held mi ånd i live. Så gjer meg då frisk, og lat meg få leva! Sjå, det som var så bittert, har vorte til fred for meg. Du har spart mitt liv, så eg ikkje går til grunne ¬i grava. For alle mine synder har du kasta bak din rygg. Dødsriket prisar deg ikkje, ingen av dei døde lovar deg. Dei som fer ned i grava, ventar ikkje på din truskap. Dei levande er det ¬som prisar deg, liksom eg i dag. Ein far fortel sine søner om din truskap, Gud. Herren vil frelsa meg. Kom, lat oss spela på harpe framfor Herrens hus ¬alle våre dagar. Jesaja sa: «Henta ei fikenkake og legg henne til plaster på svullen! Så vert kongen god att.» Då spurde Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til Herrens hus?» På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk, men no var vorten frisk att. Hiskia gledde seg då dei kom. Han synte dei huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, balsambuskane og den fine oljen, våpenhuset og alt det som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans hus og rike som Hiskia ikkje synte dei. Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte,» svara Hiskia, «frå Babylonia.» «Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.» Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren, Allhærs Gud: Det kjem ei tid då alt det som er i huset ditt, og det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babylonia. Det vert ingen ting att, seier Herren. Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som er ætta frå deg, og gjera dei til hoffmenn i slottet åt babylonarkongen.» Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!» Trøysta, ¬trøysta mitt folk, seier dykkar Gud. Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er kvitta, at ho har fått av Herrens hand dobbelt for alle sine synder. Høyr, det er ein som ropar ¬i heia: Ryd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongsveg for vår Gud! Kvar dal skal hevjast, kvart fjell, ¬kvar haug skal jamnast. Bakket land skal verta slette og kollane flat mark. Herrens herlegdom ¬skal syna seg, og alle menneske skal sjå det. Dette er ordet ¬frå Herrens munn. Høyr, det er ein som seier: ¬«Forkynn!» Eg spør: ¬«Kva skal eg forkynna?» «Alle menneske er som graset, og all deira herlegdom ¬som blomen på marka. Graset turkar bort, ¬og blomen visnar når Herrens ande blæs på dei; ja, i sanning, folk er som gras. Graset turkar bort, ¬og blomen visnar, men ordet frå vår Gud ¬står fast til evig tid.» Stig opp på høge fjellet, du Sions gledebod! Lat røysta ljoma, Jerusalems fagnadbod! Lat røysta ljoma, reddast ikkje! Sei til byane i Juda: «Sjå, der er dykkar Gud!» Sjå, Herren din Gud ¬kjem med velde, hans arm gjev han herredøme. Dei han fekk i løn, er med han, dei han vann, går føre han. Som ein hyrding ¬skal han gjæta si hjord. Han skal samla lamma i armen og bera dei ved barmen, og lamsauene skal han leia. Kven har mælt havet ¬med si hand og himmelen ¬med utspente fingrar? Kven samla molda på jorda ¬i skjeppe, vog fjella på vekt og haugane i vektskåler? Kven har rettleitt ¬Herrens Ande, kven har lært han ¬og gjeve han råd? Kven har han samrådt ¬seg med, så han kunne gje han skjøn, læra han å gjera det rette, gje han kunnskap og syna han vegen til visdom? Sjå, folka er som ein drope ¬på eit spann, som støvfjom på ei vektskål ¬å rekna; jamvel øyar og strender ¬veg ikkje meir enn dust. Libanon har ikkje skog nok ¬til brensel og ikkje dyr nok til brennoffer. Som inkje er alle folk ¬for Herren, han reknar dei ¬for reine inkjevetta. Kven vil de då likna Gud med, kva kan de setja opp mot han? Eit gudebilete vert støypt ¬av ein meister, ein gullsmed kler det med gull og lagar sølvkjeder til det. Den som skal laga ¬eit gudebilete, vel seg tre som ikkje morknar, og leitar opp ein kunnig ¬meister til å gjera eit bilete ¬som står støtt. Veit de det ikkje, har de ikkje høyrt det? Er det ikkje kunngjort dykk ¬frå fyrste stund? Har de ikkje skjøna det frå heimsens grunnvoll ¬vart lagd: Herren tronar over ¬jordkrinsen, og dei som bur der, ¬er som grashopper. Han breier ut himmelen ¬som eit slør, spenner han ut ¬som eit telt til å bu i. Han lèt fyrstar gå til grunne og rydjar ut styresmenn ¬på jord. Knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt har dei røtt seg i jorda, så blæs han på dei, ¬og dei visnar, og stormen føykjer dei bort ¬som strå. «Kven vil de likna meg med, kven er eg lik?» ¬seier Den Heilage. Lyft augo mot det høge og sjå: Kven var det som skapte ¬desse? Han som mønstrar deira hær ¬og fører dei ut og nemner dei alle med namn. Hans kraft er så stor ¬og hans styrke så veldig at det vantar ikkje ein. Kvifor talar du så, Jakob, kvifor seier du, Israel: «Min veg er løynd for Herren, min Gud bryr seg ikkje ¬om min rett»? Veit du det ikkje, ¬har du ikkje høyrt det? Herren er den evige Gud som skapte den vide jord. Han vert ikkje trøytt, ¬han vert ikkje mødd, hans vit kan ingen grunda ut. Han gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har, gjev han stor styrke. Gutar vert trøytte og mødde, unge karar snåvar og fell. Men dei som ventar på Herren, ¬får ny kraft; dei lyfter vengene som ørnar, dei spring og trøytnar ikkje, dei går og mødest ikkje. Ver stille, ¬de øyar og strender, og høyr på meg, lat folka samla nye krefter! Lat dei koma og tala si sak, lat oss saman gå fram ¬for retten! Kven har vekt ¬den mannen frå aust som sigeren møter ¬kvar han set foten? Kven gjev folkeslag ¬i hans makt og lèt han råda over kongar? Med sverdet gjer han dei ¬lik støv, med bogen ¬lik fykande halmstrå. Han forfylgjer dei, ¬og trygt går han fram, er berre så vidt nedpå vegen ¬med foten. Kven var det ¬som sette dette i verk? Han som frå opphavet ¬kalla ættene fram. Eg, Herren, er den fyrste, og eg skal vera hjå dei siste. Øyar og strender ¬ser det og reddast, heimsens endar skjelv. Dei stimar i hop og kjem. Den eine hjelper den andre ¬og seier: «Gå frimodig til verket!» Meisteren set mot ¬i gullsmeden, den som bankar til metallet ¬med hamar, set mot i han ¬som slår på ambolten. Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.» Så fester dei biletet med naglar, og det står støtt. Men du Israel, min tenar, Jakob, som eg har valt ut, du ætt av Abraham, min ven! Eg henta deg ¬frå heimsens endar og kalla deg ¬frå den ytste utkant. Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar, eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.» Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe ¬med mi frelsarhand. Sjå, dei vert til spott og skam, alle som harmast på deg. Dei vert til inkjes, ¬går til grunne, dei som set seg opp mot deg. Om du leitar, finn du dei ikkje, dei som står deg imot. Dei går heilt til grunne, dei som strider mot deg. For eg er Herren din Gud, som har gripe di høgre hand og seier til deg: ¬«Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.» Ver uredd, Jakob, ¬du arme kryp, og de, Israels menn! Eg hjelper deg, ¬lyder ordet frå Herren, Israels Heilage er din utløysar. Sjå, eg gjer deg ¬til ein treskjeslede, kvass og ny, ¬med mange taggar! Du skal treskja fjell ¬og krasa dei, og haugar skal du gjera ¬lik agner. Du skal kasta dei i veret, ¬så vinden tek dei, og stormen spreier dei ¬vidt ikring. Men sjølv skal du jubla ¬i Herren og rosa deg av Israels Heilage. Dei arme og fattige ¬leitar fåfengt etter vatn, medan tunga brenn av torste. Eg, Herren, vil høyra ¬deira bøn, Israels Gud går ikkje frå dei. Eg lèt elvar strøyma fram ¬på snaue høgder og kjelder midt i dalar. Eg gjer øydemarka ¬til sevgrodd tjørn og turre landet ¬til ein kjeldevang. Eg lèt sedrar veksa ¬i øydemarka, akasie, myrt og oliventre. Eg plantar sypress ¬på den aude hei saman med gran og buksbom, så alle kan sjå og vita at Herrens hand har gjort det, leggja seg på hjarta og skjøna at Israels Heilage har skapt det. Legg fram dykkar sak! ¬seier Herren. Kom med grunnane! ¬seier Jakobs konge. Lat dei koma og kunngjera oss det som sidan skal henda. Fortel oss ¬kva som før har hendt, så vi kan merka oss det! Eller lat oss få høyra ¬kva som skal koma, så vi kan vita kva ¬utgangen vert! Kunngjer det ¬som eingong skal henda, så vi kan skjøna at de er gudar! Ja, gjer eitkvart, ¬godt eller vondt, så vi alle kan sjå det ¬og undrast! Sjå, de er reine inkjevetta, og det de gjer, ¬er ingenting verdt. Ein styggedom er det ¬å velja seg dykk. Eg har vekt ein mann frå nord, og han kjem, frå eit land i aust; han skal kalla på mitt namn. Styresmenn trakkar han ned ¬som søle, liksom pottemakaren ¬stampar leire. Kven kunngjorde dette ¬frå fyrst av, så vi kunne vita det? Kven forkynte det i gamal tid, så vi kunne seia: ¬«Det er rett»? Ingen har kunngjort det, ingen har sagt frå, ingen har høyrt eit ord ¬frå dykk. Eg er den fyrste ¬som seier til Sion: «Sjå, der er dei!» og sender gledebod ¬til Jerusalem. Eg ser meg om, ¬men det finst ikkje ein, ikkje ein som kan gje råd, så eg kunne spørja ¬og få svar. Nei, alle er dei inkjevetta, og det dei gjer, ¬er ingenting verdt. Gagnlause ¬er deira støypte bilete. Sjå, min tenar ¬som eg stør, min utvalde ¬som eg har hugnad i! Eg har lagt min Ande på han, retten skal han føra ut til folka. Han skal ikkje skrika ¬og ikkje ropa og ikkje bruka mælet på gata. Han skal ikkje bryta ¬eit broste sev og ikkje sløkkja ¬ein rykande veik. Med truskap ¬skal han føra retten ut. Han skal ikkje trøytna og ikkje bryta saman før han har breitt ut retten ¬på jorda. Øyar og strender ¬ventar på hans lære. Så seier Herren Gud, han som skapte himmelen ¬og spente han ut, og breidde ut jorda ¬med alt som der gror, han som gjev livspust ¬til folket på jord og ånd til dei som ferdast der: Eg, Herren, ¬har kalla deg i rettferd og teke deg i handa. Eg har skapt deg og gjort deg til ei pakt ¬for folket, til eit ljos for folkeslaga. Du skal opna blinde augo og føra fangar ut or fengslet, dei som sit i mørkret, ut or fangeholet. Eg er Herren, det er mitt namn. Eg gjev ikkje mi ære til andre og ikkje min pris til gudebilete. Det som vart varsla før, ¬er kome, og no kunngjer eg nye ting. Før dei enno gror fram, lèt eg dykk få høyra om dei. Syng ein ny song for Herren, lovsyng han ¬frå heimsens endar, de som ferdast på havet, og alt som fyller det, de øyar og strender og de som bur der! Øydemarka med sine byar ¬skal syngja, landsbyane der Kedar held til. Dei som bur på fjellet, ¬skal jubla, frå fjelltoppane ¬skal dei ropa høgt. Dei skal gje Herren ære, forkynna hans pris ¬på øyar og strender. Herren dreg ut som ei kjempe; han eggjar sin stridshug ¬som ein krigar, lèt hærropet ljoma og viser sin styrke på fiendane: I lange tider ¬har eg halde meg i ro, eg har tagt og tøymt meg sjølv. No skrik eg ¬som ei fødande kvinne, eg frøser og syp etter anden. Eg vil gjera fjell og haugar aude og svi av alt grønt på dei. Elvar vil eg gjera til turt land, og myrar vil eg leggja turre. Blinde vil eg føra på ein veg dei ikkje kjenner, på ukjende stigar vil ¬eg leia dei. Mørkret framføre dei ¬vil eg gjera til ljos og ulendt mark til slette. Dette er det eg vil gjera, og ingen ting skal vera ugjort. Med skam må dei vika attende, dei som lit på gudebilete, dei som seier til støypte bilete: «De er våre gudar.» Høyr, de døve! Lyft augo og sjå, de blinde! Kven er blind, ¬om ikkje min tenar, og døv som mitt sendebod? Kven er blind som min ven og døv som Herrens tenar? Mangt har du sett, men du ansar det ikkje; du har opne øyro, ¬men høyrer ikkje. Herren ville for si ¬rettferd skuld gjera lova stor og herleg. Men folket er herja og plyndra, alle er bundne i fangehol, i fengsel ligg dei bortgøymde. Dei vart til hærfang, ¬og ingen berga dei, til rov, ¬og ingen sa: «Gjev det att!» Kven av dykk vil høyra ¬på dette, lyda etter frå denne stund? Kven var det ¬som gav Jakob til plyndring og Israel til ransmenn? Det var Herren, ¬som vi synda imot. Dei ville ikkje gå på hans vegar og lydde ikkje hans lov. Så rende han ut over dei sin heite harme ¬og ein veldig krig. Det loga ikring dei, ¬men dei skjøna det ikkje, det svidde dei, ¬men dei ansa det ikkje. Og no, så seier Herren, han som skapte deg, ¬Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, ¬du er min. Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg, gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg. For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar. Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg, Nubia og Seba i staden ¬for deg. Fordi du er dyr i mine augo, høgt akta og elska av meg, gjev eg menneske ¬i staden for deg, folkeslag for ditt liv. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg! Austanfrå vil eg henta di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg. Eg seier til nordheimen: «Kom med dei!» og til sørheimen: «Hald dei ikkje att!» Henta sønene mine ¬langt bortanfrå og døtrene mine ¬frå heimsens ende, alle som er kalla ¬med mitt namn, alle dei eg har skapt, ja, skapt og gjort til mi ære. Før fram dette folket, eit folk som har augo, ¬men ikkje ser, og øyro, men ikkje høyrer. Lat alle folka samla seg og alle folkeslag møta! Kven av dei ¬kan kunngjera slikt og seia oss det ¬som før har hendt? Lat dei føra fram vitne, ¬så dei kan få rett! Lat dei høyra på og seia: ¬«Det er sant!» Men de er mine vitne, ¬seier Herren, og min tenar, ¬som eg har valt ut, så de skal kjenna meg ¬og tru på meg og skjøna at eg er Gud. Før meg var ingen gud til, og etter meg ¬skal det ingen koma. Eg, ja eg er Herren, og utan meg ¬finst det ingen frelsar. Det er eg ¬som har kunngjort dette, eg har frelst og gjort det kjent; ingen framand gud ¬har gjort det. De er mine vitne, seier Herren. Eg er Gud, og det er eg frå æve av. Ingen kan riva ut or mi hand. Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort. Så seier Herren, dykkar utløysar, ¬Israels Heilage: For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylon og bryt ned alle bommane der; då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik. Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge. Så seier Herren, han som gjorde veg ¬gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet, som førte hestar og vogner, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje, dei slokna som ein veik. Tenk ikkje på det ¬som hende før, gjev ikkje akt ¬på det som eingong var! Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei. Dyra på marka skal æra meg, både sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i øydemarka, lèt elvar renna i den aude hei, så mitt utvalde folk ¬kan få drikka. Det folket eg har skapt meg, skal forkynna min pris. Men på meg har du ikkje kalla, ¬Jakob, du har ikkje gjort deg bry ¬for meg, Israel. Du har ikkje bore fram ¬for meg brennofferlam og ikkje æra meg ¬med slaktoffer. Eg har ikkje plaga deg ¬med offergåver og ikkje trøytta deg ¬med røykjelse. Du har ikkje kjøpt meg ¬krydder for sølv og ikkje metta meg ¬med offerfeitt. Du har berre plaga meg ¬med dine synder og trøytta meg ¬med dine misgjerningar. Eg, ja eg er den ¬som slettar ut dine misgjerningar ¬for mi skuld, og dine synder ¬kjem eg ikkje i hug. Stemn meg! Lat oss saman gå for retten! Legg fram di sak, ¬så du kan få rett! Den fyrste far din synda, og dine talsmenn ¬sette seg opp mot meg. Så laut eg vanæra ¬heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og gje Israel til spott. Men høyr no, Jakob, ¬min tenar, du Israel, som eg har valt ut! Så seier Herren, han som har skapt deg ¬og laga deg og hjelpt deg alt frå mors liv: Ver ikkje redd, ¬du min tenar Jakob, Jesjurun, som eg har valt ut! For eg vil renna vatn ¬over det tyrste og straumar over det turre. Min Ande vil eg renna ut ¬over di ætt og mi velsigning ¬over dine etterkomarar. Dei skal veksa opp ¬som sev i vatn, som poplar attmed bekkefar. Ein skal seia: ¬«Eg høyrer Herren til», ein annan skal kalla seg ¬med Jakobs namn. Ein skal skriva i si hand: ¬«For Herren», og Israel skal han få ¬til ærenamn. Så seier Herren, Israels konge og utløysar, Herren, Allhærs Gud: Eg er den fyrste, ¬og eg er den siste, og utan meg ¬finst det ingen Gud. Kven er som eg? Lat han stiga fram og fortelja, ja, leggja fram for meg ¬det som har hendt alt frå eg skapte ¬det fyrste folket. Og lat han seia dei det ¬som sidan skal henda. Ottast ikkje, ver ikkje redde! Har eg ikkje for lenge sidan kunngjort og sagt deg det? De er mine vitne. Finst det ein Gud utan meg? Eg veit ikkje om ¬noko anna berg. Dei som lagar gudebilete, ¬duger ikkje; og deira kjære gudar ¬kan ikkje hjelpa. Deira vitne ser ikkje ¬og skjønar ikkje, difor vert dei til skammar. Kven lagar ein gud ¬og støyper eit bilete utan å venta seg gagn av det? Alle som dyrkar det, ¬vert til skammar; dei som lagar det, ¬er berre menneske. Lat dei samlast og stiga fram! Dei skal alle fyllast ¬med redsle og skam. Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke. Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus. Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster. Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for. Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!». Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!» Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar. Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!» Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?» Kom dette i hug, Jakob, kom det i hug, Israel! For du er min tenar. Eg har skapt deg, ¬du er min tenar, du er ikkje gløymd av meg, ¬Israel. Eg stryk bort dine brot ¬som ei skodd og dine synder som ei sky. Vend om til meg, ¬eg løyser deg ut! Jubla, du himmel, for Herren har gripe inn. Rop av fryd, de jordedjup! Bryt ut i jubel, alle fjell, du skog med alle dine tre! For Herren løyser ut Jakob og syner sin herlegdom ¬på Israel. Så seier Herren, din utløysar, han som skapte deg i mors liv: Eg er Herren som gjorde alt; himmelen spente eg ut åleine, og jorda breidde eg ut ¬utan hjelp. Eg gjer teikna ¬åt varseltydarane til inkjes og lèt spåmennene verta ¬til narr. Eg får vismenn til å tagna, gjer deira visdom til dårskap. Men eg stadfester orda ¬åt mine tenarar og gjennomfører den plan som mine sendebod ¬forkynner. Eg seier om Jerusalem: «Der skal det bu folk,» og om byane i Juda: «Dei skal byggjast opp att; eg skal reisa det ¬som ligg i røys.» Eg seier til havdjupet: ¬«Torna! Dine straumar turkar eg ut.» Eg seier om Kyros: «Han er min hyrding, han skal fullføra alt det eg vil; han skal seia om Jerusalem: Byen skal byggjast! og om templet: Det skal atter verta grunnlagt.» Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg held ¬i hans høgre hand for å tvinga folkeslag ¬under han, løysa beltet av kongar og opna dører for han, så ingen port skal vera stengd. Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund. Eg vil gje deg skattar, ¬dulde i mørkret, og rikdomar, ¬gøymde på løynlege stader, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, ¬som har kalla deg på namn. For min tenar Jakobs skuld, for Israel, min utvalde, har eg kalla deg ¬og gjeve deg eit ærenamn, endå du ikkje kjende meg. Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg spente beltet om livet ¬på deg, endå du ikkje kjende meg, så dei skal vita ¬både i aust og vest at det finst ingen annan ¬enn eg. Eg er Herren, og ingen annan. Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret; eg skaper lukke og ulukke. Det er eg, Herren, ¬som gjer alt dette. Lat det drypa ovanfrå, ¬du himmel, lat rettferd strøyma, de skyer! Jorda skal opna seg for det, og den frukt ho ber, er frelse, det ho lèt gro, er rettferd. Eg, Herren, skaper dette. Ve den som trettar ¬med sin skapar – eit krusbrot ¬mellom krusbrot av jord! Kan leiret seia til han ¬som formar det: «Kva er det du gjer?» Kan verket seia: «Han har ikkje handlag»? Ve den som seier til ein far: «Kva er det du avlar?» og til ei kvinne: «Kva er det du føder?» Så seier Herren, Israels ¬Heilage, han som skaper dei ting ¬som kjem: Kvi spør de meg ¬om mine søner, kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera? Det var eg som laga jorda og skapte menneske der. Eg spente ut himmelen ¬med mine hender, og heile hans hær baud eg ut. I rettferd har eg vekt ein mann og jamna alle hans vegar. Han skal byggja min by og senda heim ¬mitt bortførte folk utan vederlag, utan betaling, seier Herren, Allhærs Gud. Så seier Herren: Du skal få all den rikdom som egyptarane har samla ¬med sitt strev og nubiarane med sin handel. Og røslege karar frå Seba skal koma og høyra deg til. Deg skal dei fylgja, og i lekkjer skal dei gå. For deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei fagnande seia: «Berre hjå deg er Gud; og det finst ingen annan, ingen annan Gud.» Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg, du Israels Gud og frelsar. Til spott og skam skal dei verta, alle som lagar gudebilete; med vanære skal dei gå bort. Men Israel finn frelse ¬hjå Herren; ei evig frelse skal det vera. De skal aldri verta ¬til spott og skam. Ja, så seier Herren, som skapte himmelen, han, den einaste Gud, som laga og forma jorda og gjorde hennar ¬grunnvollar faste, som ikkje skapte henne ¬til ei audn, men laga henne til bustad ¬for folk: Eg er Herren, og ingen annan. Eg har ikkje tala i det dulde, ein stad i det mørke land. Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt: «Søk meg i det aude og tome!» Eg, Herren, talar sanning og forkynner det som er rett. Samla dykk og kom, stig fram i lag, de som har sloppe ¬unna folkeslaga! Dei skjønar ingenting, dei som ber sine gudebilete ¬av tre og bed til ein gud ¬som ikkje kan frelsa. Ta til ords, ¬legg fram dykkar sak, ja, berre rådlegg saman! Kven har kunngjort ¬dette føreåt og forkynt det for lenge sidan? Er det ikkje eg, Herren? Utan meg er det ingen Gud; det finst ingen annan ¬rettferdig og frelsande Gud. Vend deg til meg og få frelse, heile du vide jord! For eg er Gud, og ingen annan. Ved meg sjølv har eg svore, eit sanningsord har gått ut ¬or min munn, eit ord som eg ikkje tek att: For meg skal kvart kne ¬bøya seg, kvar tunge ¬skal sverja meg truskap. Om meg skal dei seia: «Berre hjå Herren ¬er frelse og styrke.» Til han ¬skal dei skamfulle koma, alle som harmast på han. Ved Herren ¬skal dei vinna rettferd, og av han skal dei rosa seg, alle som er av Israels ætt. Bel sig saman, ¬og Nebo fell. Deira bilete vert lagde ¬på lastdyr og fe. Dei som før vart borne ¬av dykk, ligg no som ei bør ¬på trøytte dyr. Dei sig og stuper, alle saman, dei kan ikkje berga ¬dei som ber dei, men må sjølve fara or landet. Høyr på meg, du Jakobs ætt, alle som er att av Israels hus, de som er borne frå mors liv og lyfte på hender ¬frå mors fang: Alt til dykkar alderdom ¬er eg den same, til de grånar i håret, ¬skal eg bera dykk. Det har eg gjort, ¬og det skal eg gjera, ja, eg skal bera og berga dykk. Kven vil de setja opp mot meg og likna meg med? Kven vil de halda ¬for jamliken min? Somme auser ut gull or pungen og veg opp sølv på vekt. Dei leiger ein gullsmed ¬som lagar ein gud; så bøyer dei seg ned ¬og tilbed han. Dei tek han på aksla, ¬ber han bort og set han på plass. Så står han der og rører seg ikkje av flekken. Ropar dei til han, ¬svarar han ikkje, han bergar dei ikkje or naud. Tenk på dette og ver faste, ta det til hjarta, de svikarar! Tenk på det som hende før, heilt ifrå eldgamal tid! For eg er Gud, og ingen annan, eg er Gud, ¬og det finst ingen som eg. Eg kunngjer frå opphavet ¬dei siste ting, varslar føreåt ¬det som skal henda. Eg seier: «Den plan eg har lagt, ¬står fast, og alt eg vil, det gjer eg.» Eg kallar hit ein rovfugl ¬frå aust; frå eit land langt borte ¬kallar eg han, den mannen ¬som set min plan i verk. Eg har tala og lèt det koma, eg har tenkt det ¬og lèt det henda. Høyr på meg, ¬de stridlyndte menn, de som er så langt frå rettferd. Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt borte, mi frelse dryer ikkje. Så gjev eg frelse på Sion og lèt Israel ¬få sjå min herlegdom. Stig ned og set deg ¬i molda, Babels dotter, du unge møy! Set deg på jorda, ¬utan kongsstol, du kaldeardotter! For du skal ikkje lenger kallast den fine og bortskjemde møy. Ta kverna fram og mal! Legg sløret bort, ¬lyft slepet opp, så foten vert berr, og du kan vassa over elvar. Dei skal kle av deg og sjå deg naken. Eg tek hemn og sparer ingen, seier vår utløysar. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Israels Heilage er han. Set deg stilt, og gå inn i mørkret, du kaldeardotter! For du skal ikkje lenger kallast dronning over kongerike. Eg var harm på mitt folk og førte vanære ¬over mitt arveland. Eg gav dei i dine hender, og du hadde ikkje medkjensle ¬med dei. Jamvel på gamle folk la du ditt tunge åk. Du sa: «Eg skal for alltid ¬vera dronning!» Du la deg ikkje dette på hjarta og tenkte ikkje på endelykta. Så høyr då dette, du nytesjuke, som sit så trygg og tenkjer med deg sjølv: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkje og aldri leva barnlaus.» Men begge desse ulukkene skal koma over deg, brått, på ein einaste dag. Barnløyse og enkjestand kjem på deg i fullaste mål trass i all di svartekunst og dine sterke trolldomsord. Du kjende deg trygg ¬i din vondskap og sa: «Det er ingen som ser meg.» Din visdom og kunnskap ¬førte deg vilt, så du tenkte med deg: «Eg og ingen annan!» Så skal du då råkast ¬av noko vondt som du ikkje kan mana bort. Ei ulukke skal henda deg, og den kan du ikkje hindra ¬med soning. Brått kjem det over deg, eit stormver du ikkje venta. Kom no med dine ¬trolldomsord og all di svartekunst, som du har drive med ¬frå din ungdom! Kanskje kunne du finna hjelp, kanskje skræma ulukka bort! Du har streva ¬med mange planar. Lat dei stiga fram og ¬hjelpa deg, dei som granskar himmelen og kikkar på stjernene, dei som månad etter månad varslar det som skal henda deg. Men sjå, dei vert som halm; elden brenner dei opp. Dei kan ikkje berga livet frå den sterke logen. Det er ikkje glør ¬til å verma seg med, ikkje bål til å sitja framfor. Så går det dine trollmenn, som du har trøytta deg ut med frå du var ung. Dei vinglar kvar sin veg; det finst ingen som ¬hjelper deg. Høyr dette, ¬du Jakobs ætt, de som ber Israels-namnet og har runne or Judas kjelde, de som sver ved Herrens namn og prisar Israels Gud, men ikkje i sanning ¬og rettferd! Dei kallar seg ¬etter den heilage byen og stør seg til Israels Gud. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Det som har hendt, ¬har eg kunngjort føreåt, or min munn gjekk det ut, ¬eg forkynte det; brått greip eg inn, ¬og det skjedde. Eg visste at du er strid, at nakken din er ei jernsen og panna di som bronse. Så kunngjorde eg det føreåt, lét deg vita det før det hende, så du ikkje skulle seia: «Dette har mitt ¬gudebilete gjort, min gud av tre og metall ¬har laga det så.» Du har høyrt og sett det alt. Må de ikkje sanna det? Men no forkynner eg ¬noko nytt, dulde ting som du ikkje ¬veit om. No vert det skapt og ikkje før, du har ikkje høyrt om det ¬før i dag, så du ikkje skulle seia: «Det visste eg!» Du har korkje høyrt ¬eller visst det, eller før fått øyra opp for det. Eg visste då vel ¬kor trulaus du er, frå mors liv ¬har du heitt ein svikar. For mitt namn skuld ¬døyver eg min harme, for mi ære skuld tøymer ¬eg meg og rydjar deg ikkje ut. Eg har reinsa deg, ¬men ikkje som sølv, eg har prøvt deg ¬i lidingsomnen. For mi eiga skuld ¬grip eg no inn. Kor ville eg elles verta vanæra! Mi ære gjev eg ingen annan. Høyr på meg, Jakob, du Israel, som eg har kalla! Eg er den same, eg er den fyrste, og eg er den siste òg. Ja, mi hand har ¬grunnfest jorda, mi høgre hand ¬breidde himmelen ut. Eg kalla dei fram, og dei stod der begge. Kom saman, alle, og høyr! Kven av dykk ¬har kunngjort dette? Han som Herren elskar, skal fullføra hans vilje ¬mot Babel og syna hans makt ¬mot kaldearfolket. Eg har tala, og eg har kalla han, eg har sendt han ¬og lèt ferda hans lukkast. Kom hit til meg og høyr dette: Frå fyrste stund tala eg ope, og så snart det hende, ¬var eg der. «No har Herren vår Gud sendt meg og sin Ande.» Så seier Herren, din utløysar, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg det som gagnar, og fører deg ¬den vegen du skal gå. Å, ville du lyda på mine bod! Då vart din fred som elva, di rettferd ¬som havsens bylgjer. Då vart di ætt så tallaus ¬som sanden, dine etterkomarar ¬som sandkorna; deira namn vart aldri stroke og ikkje sletta hjå meg. Dra ut or Babylon, ¬bort frå Kaldea! Forkynn det med jubel, ¬rop det ut, lat det nå til heimsens ende: Herren har løyst ut Jakob, ¬sin tenar. Dei tyrstar ikkje når han fører dei i øydemarka, vatn or berget ¬lèt han sildra åt dei; han kløyver fjell, ¬og vatnet renn. Dei gudlause har ingen fred, ¬seier Herren. Høyr på meg, de øyar og strender, lyd etter, de folk langt borte! Frå mors liv ¬har Herren kalla meg, frå mors fang ¬har han nemnt mitt namn. Han har gjort min munn ¬til eit kvast sverd og løynt meg i skuggen ¬av si hand. Han har gjort meg ¬til ei kvass pil og gøymt meg i sitt pilehus. Han sa til meg: «Du er Israel, min tenar, på deg vil eg syna ¬min herlegdom.» Men eg sa: «Til fåfengs har eg streva, til unyttes har eg øydt ¬mi kraft. Min rett er likevel hjå Herren, mi løn er hjå min Gud.» «Og no,» seier Herren, som frå mors liv har skapt meg til sin tenar, til å føra Jakob attende til han og samla Israel hjå han – eg er gjæv i Herrens augo, og min Gud ¬har vorte min styrke, «det er for lite ¬at du er min tenar som skal reisa opp att ¬Jakobs ætter og føra heim att ¬den frelste flokken av Israel. Eg vil gjera deg ¬til eit ljos for folkeslag, så mi frelse kan nå ¬til heimsens ende.» Så seier Herren, Israels utløysar, ¬Israels Heilage, til han ¬som alle vanvørder og skyr, til han som er træl ¬under valdsherrar: Kongar skal sjå det ¬og reisa seg, fyrstar skal kasta seg ned, for Herrens skuld, ¬han som er trufast, for Israels Heilage, ¬som valde deg ut. Så seier Herren: I nådens tid bønhøyrer eg deg, på frelsesdagen hjelper eg deg. Eg har skapt deg og gjort deg til ei pakt ¬for folket. Du skal atterreisa landet og skifta ut odelsgrunn som ligg aud og snau, og seia til fangane: «Gå ut!» til dei som er i mørkret: ¬«Kom fram!» Langs vegane skal dei finna mat og beite på alle snaue høgder. Dei skal ikkje svelta ¬og ikkje tyrsta, korkje sol eller hete ¬skal skada dei. For han som miskunnar dei, skal føra dei og leia dei ¬til vassrike kjelder. Eg gjer alle fjell til farande veg, mine kongsvegar ¬skal byggjast høgare. Sjå, langt bortanfrå kjem dei, somme frå nord ¬og somme frå vest og somme frå Sinim-landet. Jubla, du himmel, ¬og fegnast, du jord! Set i med glederop, de fjell! For Herren trøystar sitt folk, han viser miskunn ¬mot sine armingar. Men Sion seier: «Herren har forlate meg, min Gud har gløymt meg.» Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg. Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender, dine murar har eg ¬alltid for auga. Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit, og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde, fer bort ifrå deg. Lyft augo og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg. Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren, du skal ta dei på deg ¬som eit smykke, og binda dei om deg ¬som eit brurebelte. No vert det for trongt for deg, det aude og snaue ¬og øydelagde landet. Og borte er dei ¬som ville tyna deg. Dei born du fekk ¬då du var barnlaus, skal endå ein gong seia til deg: «Denne staden er meg ¬for trong. Flytt deg, så eg kan få bu her!» Då skal du tenkja med deg: «Kven har født meg desse? Eg var barnlaus ¬og ufør til å føda, landlyst og bortdriven. Kven har fostra desse? Eg sat einsam att. Kvar kjem desse frå?» Så seier Herren vår Gud: Sjå, eg lyfter mi hand ¬til teikn for folkeslag og reiser mitt merke for folka. Så kjem dei med sønene dine ¬i armen, og døtrene dine ber dei ¬på aksla. Kongar skal vera fosterfedrar ¬for deg og deira dronningar ¬barnfostrer. Dei skal kasta seg til jorda ¬for deg og slikka støvet for dine føter. Då skal du skjøna ¬at eg er Herren, og at dei som set si von til meg, ikkje skal verta til skammar. Kan nokon ta hærfang ¬frå ein krigar, kan fangar sleppa frå ¬ein valdsmann? Ja, så seier Herren: Fangar skal takast ¬frå krigaren, og hærfang skal bergast ¬frå valdsmannen. Eg vil strida mot dei ¬som strider mot deg, og borna dine vil eg frelsa. Eg lèt dei som trælka deg, eta sitt eige kjøt og drikka sitt blod ¬som druesaft. Og alle menneske skal skjøna at eg er Herren, din frelsar, Jakobs Veldige, din utløysar. Så seier Herren: Kvar er det ¬skilsmålsbrevet som eg har sendt mor dykkar ¬bort med? Eller kven hadde krav på meg, så eg laut selja dykk til han? Nei, de vart selde ¬fordi de synda, og mor dykkar vart bortsend ¬fordi de sveik meg. Kvifor fann eg ingen då ¬eg kom, kvifor fekk eg ikkje svar ¬då eg ropa? Er mi hand for kort til å frelsa, har eg ikkje kraft til å berga? Med eit trugande ord ¬legg eg sjøen turr og gjer elvar til øydemark, så fisken døyr av torste og ligg og rotnar ¬fordi vatnet er borte. Eg kler himmelen i svart og sveiper han i syrgjebunad. Herren min Gud har gjeve meg ei læresveins-tunge, så eg med mitt ord ¬kan styrkja den trøytte. Kvar morgon ¬vekkjer han mitt øyra, så eg kan høyra ¬på læresveins vis. Herren min Gud ¬har opna mitt øyra. Eg sette meg ikkje imot og drog meg ikkje unna. Min rygg baud eg fram ¬til dei som slo, mine kinn til dei ¬som reiv meg i skjegget. Eg gøymde ikkje mitt andlet for vanære og spytt. Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp; difor skjemmest eg ikkje. Difor gjer eg andletet ¬hardt som flint, og eg veit at eg ikkje ¬vert til skammar. Han er nær, han som hjelper meg ¬til min rett. Kven vil føra sak mot meg? Lat oss møtast for retten! Kven er min motpart? Lat han stiga fram! Sjå, Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp. Kven vil døma meg skuldig? Dei vert alle utslitne ¬som ein kledning, mòl skal eta dei opp. Dei av dykk ¬som har age for Herren, skal høyra på hans tenar. Den som ferdast i mørker og ikkje ser det minste ljos, han kan lita på Herrens namn og stø seg til sin Gud. Men de som kveikjer opp eld og skyt brannpiler ¬til alle kantar, gå inn i den logande elden, mellom pilene ¬som de har kveikt! Frå mi hand ¬kjem dette over dykk, i pinsle skal de liggja. Høyr på meg, de som jagar ¬etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på det fjellet ¬de er hogne utor, det steinbrotet de er tekne frå! Sjå på Abraham, far dykkar, og på Sara, som fødde dykk! Han var berre éin ¬då eg kalla han, men eg velsigna han og gav han ei talrik ætt. Ja, Herren skal trøysta Sion, trøysta alle hennar aude tufter. Han gjer hennar øydemark ¬lik Eden, hennar aude hei ¬lik Herrens hage. Der skal fryd og glede råda, der skal takkesong ¬og jubeltonar lyda. Høyr på meg, mitt folk, vend øyra til, mi folkeætt! For lov går ut frå meg, eg set min rett til ljos for folka. Mi rettferd er nær, mi frelse er i kjømda, mine armar skal hjelpa folka ¬til deira rett. Øyar og strender ventar ¬på meg, dei biar på min sterke arm. Lyft augo mot himmelen, og sjå på jorda her nede! For himmelen ¬skal kverva som røyk, jorda skal slitast ut ¬som ein kledning, og dei som bur der, ¬skal døy som mygg. Men mi frelse skal vara evig, mi rettferd skal aldri få ende. Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk som har mi lov i hjarta! Ottast ikkje ¬når menneske spottar, reddast ikkje når dei hånar! For dei skal verta ¬som mòletne klede, lik ullty som åt har øydt. Men mi rettferd skal vara evig, mi frelse frå ætt til ætt. Vakna, vakna, du Herrens arm, og kled deg i styrke! Vakna som i gamle dagar, som i framfarne tider! Var det ikkje du ¬som felte Rahab og gjennombora draken? Var det ikkje du ¬som turrla sjøen, som turka ut vatnet ¬i det store djup og gjorde havbotnen til veg, så det frelste folket ¬kunne fara der? Herrens utløyste ¬skal venda heim att. Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop, med evig glede om si panne. Fryd og glede skal møta dei, sorg og sukk må røma. Eg er den som trøystar dykk. Kven er då du som reddast menneske ¬som må døy, menneskeborn som visnar ¬liksom graset? Kvifor gløymer du Herren, ¬din skapar, han som spente ut himmelen og grunnfeste jorda? Kvifor skjelv du støtt, ¬heile dagen, for valdsmanns heite harme når han siktar på å tyna deg? Kvar vert det vel ¬av hans harme? Snart skal den bundne ¬sleppa fri; han skal ikkje døy og gå i grav, og ikkje skal han vanta brød. Eg er Herren din Gud, som rører opp havet, ¬så bårene brusar. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Eg har lagt mine ord ¬i din munn og gøymt deg i skuggen ¬av mi hand. Eg som spente ut himmelen og grunnfeste jorda, seier til Sion: «Du er mitt folk.» Vakna, vakna og reis deg, Jerusalem, du som laut drikka det vreidestaupet som du fekk av Herrens hand, og tøma til botnar den skåla som gjorde deg ør! Det var ingen som ¬leidde henne, av alle dei søner ho fekk, ingen tok henne i handa, av alle dei born ho fostra. Ulukker råka deg, to og to – kven viste medkjensle ¬med deg? – vald og våde, svolt og sverd – kven trøysta deg? Maktlause låg dine søner på alle gatehjørne, som ein antilope i garnet, metta av Herrens ¬brennande vreide, av trugsmålet frå din Gud. Så høyr då dette, du arming, du som er drukken, ¬om ikkje av vin! Så seier Herren, ¬din Herre og Gud, som strider for sitt folk: Sjå, no tek eg ut or di hand den skåla som gjorde deg ør; aldri meir skal du tøma ¬mitt vreidestaup. Eg retter det til dei ¬som plaga deg, til dei som sa: «Legg deg ned, så vi kan få trø på deg!» Og du laut gjera din rygg ¬lik flate marka, lik ein veg for ferdafolk. Vakna, vakna, kled deg i styrke, Sion! Ta på deg ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir ¬skal det koma inn i deg ein uomskoren eller urein. Rist av deg støvet og reis deg, set deg på trona, Jerusalem! Løys lekkjene du har ¬om halsen, du hærtekne Sion-dotter! Så seier Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar ¬skal de løysast ut. For så seier Herren din Gud: I si fyrste tid ¬drog folket mitt til Egypt og heldt til der. Sidan vart dei utan grunn ¬trælka av Assur. Og no, lyder ordet frå Herren, kva skal eg gjera her når folket mitt er bortført ¬utan vederlag? Valdsherrane hyler, ¬seier Herren, og dagen lang ¬vert namnet mitt spotta. Difor skal folket mitt læra mitt namn å kjenna, ja, den dagen skal dei skjøna at det er eg som seier: ¬«Her er eg!» Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred ¬og ber god bodskap, forkynner frelse ¬og seier til Sion: «Din Gud er konge!» Høyr, dine vaktmenn ropar, dei jublar alle i hop. For med eigne augo ser dei at Herren kjem heim att ¬til Sion. Set i med jubelrop, de aude tufter i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk og løyser ut Jerusalem. Herren syner sin heilage arm for augo på alle folkeslag. Heile den vide jord får sjå frelsa frå vår Gud. Far bort, far bort frå Babylon! Ikkje rør noko ureint! Dra ut or byen og reinsa dykk, de som ber Herrens kar! For de treng ikkje ¬skunda dykk, de må ikkje røma frå byen. For Herren sjølv går føre dykk, og sist i flokken er Israels Gud. Sjå, min tenar skal ha ¬framgang, han skal stiga ¬og lyftast og opphøgjast. Liksom mange stokk til ¬då dei såg han – meir skamfaren var han ¬enn nokon mann, han såg ikkje ut ¬som eit menneske, så skal mange folkeslag ¬undrast over han, og kongar skal lata att ¬sin munn. For dei får sjå ¬det som aldri vart sagt dei, uhøyrde ting vert dei vitne til. Kven trudde det bodet vi høyrde, og kven fekk sjå Herrens makt? Han rann som ein kvist ¬for Guds åsyn, som ein renning or turr jord. Nokon herleg skapnad ¬hadde han ikkje, det var ingen hugnad å sjå han. Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna, ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom, ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på; vi rekna han for inkje. Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg, og våre pinsler bar han. Vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga. Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred, og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom. Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg. Men Herren lét råka han det vi alle var skuld i. Ille medfaren vart han, men bar det audmjukt; han lét ikkje opp sin munn, som lammet dei fører ¬til slakting, og sauen som teier ¬når han vert klypt; han lét ikkje opp sin munn. Gjennom trengsle og dom ¬vart han teken bort. Men kven i hans samtid ¬vørde vel det? Bortriven vart han ¬or levandelandet, for sitt folks brot laut han døy. Dei gav han ei grav ¬mellom gudlause, hjå ein rikmann, ¬då han var død, endå han ikkje ¬hadde gjort nokon urett, og det ikkje fanst svik ¬i hans munn. Det var Herrens vilje å knusa han med sjukdom. Men fordi han gav sitt liv ¬til soning, skal han få etterkomarar ¬og leva lenge, og ved han skal Herrens vilje ¬ha framgang. Etter all si møde og sjelenaud skal han sjå ljos og mettast. Og når dei kjenner han, skal han, min rettferdige tenar, gjera dei mange rettferdige; for han har bore deira synder. Difor gjev eg han ¬dei mange til del, og dei sterke skal han få ¬til hærfang, fordi han gav sitt liv i døden og vart rekna ¬mellom brotsmenn. Han tok på seg synda ¬åt dei mange og bad for brotsmenn. Rop av glede, ¬du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ikkje hadde rier! For den einslege kvinna ¬har fleire born enn ho som har mann, ¬seier Herren. Gjer større rom for teltet ditt, spenn ut dine teltdukar, ¬spar ikkje på dei, gjer snorene lange, ¬slå pluggane fast! For til høgre og venstre ¬skal du breia deg ut. Di ætt skal driva ut folkeslag og bu i byar som låg aude. Ver ikkje redd, du skal ikkje verta til skammar! Ver ikkje skamfull, du skal ikkje verta vanæra! No kan du gløyma ¬din ungdoms skam og ikkje meir minnast ¬din enkjestands vanære. For han som skapte deg, ¬er din mann, Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn; Israels Heilage er din utløysar, han som heiter Gud ¬for all jorda. Som ei bortstøytt ¬og sorgfull kvinne kallar Herren deg attende. Kan ein vel vraka, ¬seier din Gud, ho som var kone ¬heilt frå sin ungdom? Ei lita stund gjekk eg frå deg, men i mi store miskunn vil eg føra deg heim att. Då vreiden steig opp i meg, løynde eg andletet for deg ¬ein augneblink. Men med evig nåde vil eg miskunna deg, seier Herren, din utløysar. For meg er dette ¬som i Noahs dagar, den gongen eg svor ¬at Noah-flaumen aldri meir skulle koma ¬over jorda. På same måten sver eg no at eg aldri meir skal harmast på deg ¬og refsa deg. For om fjella vik ¬og haugane vert rikka, skal min nåde ikkje vika ¬frå deg, og mi fredspakt ¬skal aldri rikkast, seier Herren, ¬som miskunnar deg. Du arme stormdrivne, som ikkje finn trøyst! Sjå, eg legg din grunnvoll ¬med turkisar og byggjer din grunnmur ¬med safirar. Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar, dine portar av krystallar og heile din ringmur ¬av dyre steinar. Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren, og stor er freden for dine søner. Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd. Ver trygg for trengsle – du har ingenting å ottast, og for redsle – ho skal ikkje nå deg. Går nokon til strid imot deg, kjem det ikkje frå meg. Den som tek på deg, skal falla for di hand. Sjå, eg skaper smeden som blæs i kolelden og lagar våpen til sitt bruk. Og eg skaper øydaren til å herja og skada. Ikkje eitt våpen ¬dei smider imot deg, skal visa seg gagnleg. Kvart klagemål ¬dei reiser mot deg, skal du få kjent grunnlaust. Det er den lut ¬som Herrens tenarar får, den rett eg gjev dei, ¬seier Herren. Å, alle de tyrste, ¬kom og få vatn! Og de som ikkje har pengar, ¬kom! Kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk! Kvi gjev de ut pengar for det som ikkje er brød, og dykkar arbeidsløn for det som ikkje kan metta? Å, høyr på meg! Så skal de få eta ¬det som godt er, og gleda dykk over feite retter! Vend øyra hit og kom til meg, høyr, så skal de få leva! Så gjer eg med dykk ei ¬evig pakt og syner dykk trufast ¬mi miskunn, så som eg gjorde mot David. Han sette eg til eit vitne ¬for folk, til hovding og fyrste ¬for folkeslag. Ja, du skal kalla på folk ¬du ikkje kjenner, og folk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg; for Israels Heilage, ¬Herren din Gud, har gjeve deg ære og ¬herlegdom. Søk Herren ¬medan han er å finna, kall på han ¬den stund han er nær! Den gudlause må venda seg ¬frå sin veg og ugjerningsmannen ¬frå sine tankar og snu om til Herren, så skal han visa miskunn, til vår Gud, for han er rik på tilgjeving. For mine tankar ¬er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje ¬mine vegar, seier Herren. Nei, så høg som himmelen ¬er over jorda, så er mine vegar ¬høgare enn dykkar vegar og mine tankar ¬høgare enn dykkar tankar. Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft ¬og grøde, ja, gjeve såkorn ¬til den som skal så, og brød til den som skal eta, så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake ¬til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender ¬det til. Ja, med glede skal de dra ut og førast lukkeleg fram. Fjell og haugar skal møta dykk med jubelrop, og alle tre på marka skal klappa i hendene. I staden for klunger skal det veksa sypressar, og myrt i staden for nesler. Det skal vera til ære for Herren, eit evig teikn som aldri skal strykast ut. Så seier Herren: Hald lov og rett, og gjer det som rett er! For mi frelse er nær, ho kjem, og mi rettferd skal syna seg. Sæl er den som gjer det eg vil, kvart menneske ¬som held fast ved det, så han held sabbaten og ikkje vanhelgar han, og vaktar si hand, så han ikkje gjer vondt. Den framande ¬som har slutta seg til Herren, må ikkje seia: «Herren vil skilja meg ut ¬frå sitt folk.» Og den som er gjeld, ¬må ikkje seia: «Eg er berre eit turt tre.» For så seier Herren: Dei gjeldingar ¬som held mine sabbatar, som vel å gjera det eg vil, og held fast ved mi pakt, dei gjev eg ¬minnesmerke og namn i mitt hus ¬og innan mine murar. Eg gjev dei det som betre er enn søner og døtrer: ¬eit evig namn, som aldri skal rydjast ut. Og dei framande ¬som har slutta seg til Herren, som vil tena Herren ¬og elska hans namn og vera hans tenarar, alle som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, men held fast ved mi pakt, dei fører eg til mitt heilage fjell og lèt dei gleda seg ¬i mitt bønehus. Deira brennoffer og slaktoffer skal vera til hugnad ¬på mitt altar. For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk. Ja, så lyder ordet ¬frå Herren vår Gud, som samlar dei bortdrivne ¬av Israel: Endå fleire vil eg samla enn dei som alt er komne. Kom, alle dyr i marka, kom og et, alle dyr i skogen! Israels vaktmenn er alle blinde, dei merkar ingen ting. Alle er dei mållause hundar, som ikkje kan gøy. Dei ligg og drøymer og likar å sova. Men grådige hundar er dei, aldri vert dei mette. Og slike folk ¬skal vera hyrdingar, dei som ikkje veit å passa på! Dei vender seg alle ¬sin eigen veg, kvar til si eiga vinning. «Kom, eg skal henta vin, så vi kan drikka oss fulle! Og morgondagen ¬skal verta som denne, ein stor og herleg dag.» Dei rettferdige ¬går til grunne, og ingen bryr seg om det. Gode menn vert rivne bort, men ingen ansar det. Ja, av vondskap ¬vert dei bortrivne, dei som ferdast i fred. No kviler dei i sine graver, dei som gjekk den rette vegen. Men kom hit, ¬de trollkvinnesøner, du ætt av horkar og skjøkje! Kven har de til låtteløye? Kven geipar de til ¬og retter tunge mot? Er det ikkje synda ¬som driv dykk, er ikkje de ei lygnar-ætt? De brenn av lyst ¬mellom eiketrea og under kvart lauvrikt tre, de slaktar born i dalane, i skorter og skar. Dei håle steinane nede i dalen er den lut du har valt. Du renner ut drikkoffer for dei og ber fram offergåver. Skulle eg finna meg i det? På eit høgt og mektig fjell stelte du til di lege. Der steig du opp og bar fram slaktoffer. Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn. Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege, du la deg ned og gjorde plass. Så tinga du med nokre av dei som du elskar å liggja med, og du såg dei nakne. Du drog til Melek med olje og hadde med deg mykje salve. Du sende dine bodberarar ¬langt av stad, lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket. Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring, men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.» Du samla nye krefter, difor gav du ikkje opp. Kven var du så redd ¬og skjelven for, sidan du fór med lygn? Du kom ikkje lenger meg i hug og brydde deg ikkje om meg. Fordi eg tagde i lange tider, hadde du ikkje age for meg. Eg vil fortelja om di rettferd og om dine gjerningar; dei gagnar deg ikkje. Lat dine avgudar berga deg når du skrik! Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp, ein vind skal føykja dei bort. Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landet og ta mitt heilage fjell i eige. Det lydde eit ord: Bygg, ja bygg og ryd ein veg! Ta bort kvar støytestein frå vegen åt mitt folk! Så seier han ¬som er høgt opphøgd, han som tronar evig ¬og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust ¬og nedbøygd i ånda. Eg vekkjer ånda til liv ¬hjå dei bøygde og hjarta til liv hjå dei knuste. For eg vil ikkje evig ¬føra klagemål og ikkje alltid vera harm. Elles kom deira ånd til å missa si kraft for mitt åsyn, deira livsande ¬som eg har skapt. Fordi Israel ¬hadde slik syndig lyst, vart eg harm og slo dei; så løynde eg meg i min vreide. Men dei vende seg bort og valde ein veg ¬etter eigen hug. Eg såg dei vegar dei gjekk, men no vil eg lækja og leia dei og gje dei ei rikeleg trøyst. Og dei som syrgde over dei, på deira lipper legg eg lovsong. Så gjev eg fred ¬til den som er nær, og fred ¬til den som er langt borte. Eg vil lækja dei, seier Herren. Men dei gudlause ¬er som det bårande havet; det kan aldri falla til ro, og bylgjene rotar opp ¬gjørme og skit. Dei gudlause har ingen fred, seier Herren. Rop av full hals, ¬spar deg ikkje, lyft di røyst som ein lur! Fortel mitt folk om deira brot, Jakobs ætt om deira synder! Dei søkjer meg dag etter dag og vil gjerne kjenna ¬mine vegar. Lik eit folk som gjer rett og ikkje vender seg ¬frå sin Guds lov, spør dei etter ¬mine rettferdige bod og ynskjer at Gud ¬skal vera dei nær! «Kvifor ser du ikkje at vi fastar, og ansar ikkje at vi plagar oss?» De kjøper og sel på fastedagen og driv arbeidsfolket hardt. Når de fastar, ¬er det kiv og strid, med hogg og slag ¬av gudlause nevar. De fastar ikkje så i dag at bøna dykkar ¬kan høyrast i det høge. Er dette den faste eg vil ha: ein dag då mennesket ¬plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt ¬og ligg i oske? Kallar du dette for faste, er det ein dag ¬etter Herrens vilje? Nei, så er den faste ¬som eg vil ha: at du løyser dei ¬som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød ¬med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar ¬koma i hus, at du kler den nakne som ¬du ser, og ikkje sviktar dine eigne. Då skal ljoset ditt renna ¬som morgonroden, snart skal dei lækjast og gro, ¬dine sår. Di rettferd skal gå føre deg og Herrens herlegdom ¬sist i ferda. Då skal Herren svara når du kallar på han, når du ropar om hjelp, skal han seia: «Her er eg!» Når du tek bort ¬kvart tyngjande åk, held opp med å peika fingrar og tala vondt om andre, når du deler ditt brød ¬med den som svelt, og mettar den som lid naud, då skal ljoset renna ¬for deg i mørkret, og natta skal verta ¬som ljose dagen. Herren skal alltid leia deg og metta deg i det turre land. Han skal styrkja deg; du skal verta ¬som ein vassrik hage, ja, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt. Du skal byggja opp att ¬gamle ruinar og reisa grunnmurar ¬frå farne ætter. Då skal dei kalla deg ¬murbrot-bøtar, han som vøler vegar, så folk kan bu i landet. Held du foten din att ¬på sabbatsdagen, så du ikkje driv ditt yrke ¬på min heilagdag, men kallar sabbaten ei lyst og Herrens helg ¬ein høgvørd dag, held du han i ære, så du ikkje går dine ¬eigne vegar, men avstår frå handel ¬og snakk, då skal du ha di glede i Herren. Eg lèt deg fara ¬over høgdene i landet, du får nyta arven etter Jakob, ¬far din. Dette er ordet ¬frå Herrens munn. Sjå, Herrens hand ¬er ikkje så kort at han ikkje kan frelsa, og hans øyra ikkje så ¬tunghøyrt at han ikkje kan høyra. Nei, det er ¬misgjerningane dykkar som skil mellom dykk ¬og dykkar Gud. Syndene dykkar ¬løyner hans åsyn, så han ikkje høyrer dykk. Hendene dykkar ¬er tilsølte med blod og fingrane flekka med skuld, lippene dykkar talar lygn, og tunga mumlar svik. Ingen stemner til doms ¬med rette, og ingen fører sak på ærleg vis. Dei lit på fåfengd og talar lygn, dei ber på urett ¬og føder vondskap. Dei klekkjer ut orme-egg og vev spindelvev. Den som et deira egg, må døy, og knuser du eit, ¬kjem det fram ein orm. Deira vevnad duger ikkje ¬til klede, ingen kan kle seg ¬med det dei lagar. Det dei gjer, ¬er vondskaps gjerning, valdsverk kjem frå deira ¬hender. Dei er snare på foten ¬til det som er vondt, og snøgge til å renna ut ¬skuldlaust blod. Alle deira tankar er vonde, der dei fer, ¬er herjing og øyding. Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei går på krokete stigar, og ingen som ferdast der, ¬veit av fred. Difor er retten ¬langt borte frå oss, rettferda når oss ikkje. Vi ventar på ljos, ¬men sjå, det er mørkt, på solskin, men ferdast ¬i skugge. Vi trivlar langs veggen ¬som blinde, vi trivlar som folk utan augo. Vi snåvar på ljose dagen som om det var skumring, i vår beste alder er vi ¬som døde. Vi gryler alle som bjørnar og klynkar og klagar som duer. Vi ventar på rettferd, ¬men ho kjem ikkje, på frelse, ¬men ho er langt borte frå oss. Du ser at våre synder ¬er mange, våre brot vitnar imot oss. Ja, våre synder veit vi om, våre misgjerningar kjenner vi: Vi har reist oss mot Herren, har fornekta han og gått bort frå vår Gud. Vi har tala om vald og fråfall og mumla fram svikefulle ord som var avla i hjarta. Difor er retten unnatrengd, rettferda står langt borte. På torget er sanninga fallen, og det rette vinn ikkje fram. Truskapen er borte, og den som held seg ¬frå vondskap, vert plyndra. Herren såg – og det var vondt ¬i hans augo – at det ikkje var retten ¬som rådde. Han såg at ikkje ein steig fram, og undra seg over at ingen førte hans sak. Då kom hans arm han til hjelp, hans rettferd stødde han. Han tok rettferd på seg ¬til brynje og sette frelseshjelm ¬på sitt hovud. Så kledde han seg ¬i hemnens klednad og sveipte om seg ¬brennhug til kappe. Han løner folk ¬etter det dei har gjort, med harme mot uvener, ¬hemn over fiendar; jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. Dei skal ottast Herrens namn ¬i vest og hans herlegdom i aust. For han kjem ¬som ein veldig flaum, som Herrens storm driv fram. Han kjem ¬som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd ¬i Jakob, lyder ordet frå Herren. Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren. Reis deg i stråleglans! For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom ¬renn opp over deg. Sjå, mørker ligg over jorda og skydimme over folka. Men over deg ¬strålar Herren fram, over deg ¬syner hans herlegdom seg. Mot ditt ljos skal folkeslag fara, mot din strålande glans ¬skal kongar gå. Lyft augo og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg. Dine søner ¬kjem langt bortanfrå, dine døtrer ¬vert borne på armen. Då skal du sjå det ¬og stråla av glede, hjarta skal banka og vida ¬seg ut. For havsens rikdom ¬strøymer imot deg, skattane åt folka kjem til deg. Kamelar i mengd fyller landet, kamelfolar frå Midjan og Efa. Dit kjem alle frå Saba, gull og røykjelse ¬fører dei med seg. Med glede forkynner dei ¬Herrens pris. Alle sauer frå Kedar ¬samlast hjå deg, verar frå Nebajot ¬står til di teneste. Til glede for meg ¬skal dei ofrast på mitt altar, og eg vil pryda ¬mitt herlege tempel. Kven er desse som kjem lik drivande skyer, lik duer som flyg til sine hus? Øyar og strender ventar ¬på meg. Fremst går Tarsis-skipa. Langt bortanfrå ¬fører dei dine søner og deira gull og sølv med dei, til ære for namnet ¬åt Herren din Gud, for Israels Heilage, ¬som gjev deg slik heider. Framande skal byggja ¬dine murar, og deira kongar skal tena deg. I min harme har eg slege deg, men i min nåde ¬miskunnar eg deg. Dine portar skal alltid ¬stå opne, korkje dag eller natt ¬skal dei stengjast, så rikdomen åt folka ¬kan førast til deg og kongane deira ¬i fangeflokken. For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal gå til grunne, og folkeslag skal rydjast ut. Til deg kjem ¬Libanons herlege tre, både sypress og gran ¬og buksbom; dei skal pryda den stad der min heilagdom står, og æra den stad der eg set min fot. Sønene til dei som trælka deg, kjem og bøyer seg djupt ¬for deg. Alle som vanvørde deg, kastar seg ned for dine føter. Dei skal kalla deg Herrens by, Sion, som høyrer ¬Israels Heilage til. Før sat du einsam og hata, ingen såg innom deg. Men no gjer eg deg stor ¬for alltid, til ei glede frå ætt til ætt. Då skal du suga mjølk frå folka, ved kongars bryst ¬skal du næra deg. Du skal kjenna at eg, Herren, ¬er din frelsar, at Jakobs Veldige ¬er din utløysar. Eg gjev deg gull ¬i staden for kopar og sølv i staden for jern; eg gjev deg kopar ¬i staden for tre og jern i staden for stein. Fred lèt eg råda over deg og rettferd styra deg. Det skal ikkje meir høyrast ¬om vald i ditt land, om herjing og øyding ¬innan dine grenser. Du skal kalla dine murar Frelse og dine portar Lovsong. Då treng ikkje sola lysa for deg ¬om dagen eller månen om natta. For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig, din Gud skal vera ¬din herlegdom. Aldri meir skal sola di glada eller månen din missa ¬sin glans. For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig. Dine syrgjedagar er enda. I ditt folk ¬skal alle vera rettferdige, dei skal eiga landet til evig tid. Dei er ei plante i min hage, eit verk eg har gjort til mi ære. Den minste skal verta til tusen, den ringaste til eit mektig folk. Eg er Herren, og eg lèt det henda, brått, i si tid. Herrens Ande ¬er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg ¬til å forkynna ein gledebodskap ¬for armingar, til å lækja dei ¬som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne. Eg skal ropa ut eit nådeår ¬frå Herren, ein dag med straff frå vår Gud. Eg skal trøysta alle som syrgjer, og gje dei syrgjande i Sion hovudprydnad i staden ¬for oske, gledeolje ¬i staden for syrgjeklede og lovsong ¬i staden for motløyse. Dei skal kallast ¬rettferds mektige tre, som Herren har planta for å syna sin herlegdom. Dei skal byggja opp att ¬gamle ruinar, reisa det ¬som før vart lagt i øyde, byggja på nytt ¬dei nedbrotne byar, som låg der aude frå ætt til ætt. Framande skal stå ¬og gjæta dykkar sauer, utlendingar skal dyrka ¬dykkar jord og stella dykkar vingardar. Men de skal kallast ¬Herrens prestar, tenarar for vår Gud ¬skal dei kalla dykk. Rikdomen åt folka ¬skal de nyta, og deira skattar skal de få. De skal få dobbelt att ¬for dykkar skam. Dei som leid vanære, skal jubla over sin lut. Dobbel arv skal dei få i landet, evig glede skal dei ha. «For eg er Herren, ¬som elskar rett og hatar ran og urett. Trufast vil eg gje dei løn og gjera ei evig pakt med dei. Namngjeten vert deira ætt ¬mellom folkeslaga, deira etterkomarar ¬mellom folka. Alle som ser dei, skal skjøna at dei er ei ætt ¬som Herren har velsigna.» Eg vil gleda meg storleg ¬i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud. For han har kledt meg ¬i frelsesskrud og sveipt meg ¬i rettferds kappe, lik ein brudgom ¬som pryder sitt hovud, lik ei brur ¬som tek på seg sine søljer. For liksom jorda ¬lèt groen renna, og hagen lèt sædet brydda, så skal Herren vår Gud la rettferd gro fram og lovsong lyda ¬for alle folkeslag. For Sions skuld ¬vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld ¬vil eg ikkje vera still, før hennar rett ¬strålar fram med glans og hennar frelse ¬som ein brennande fakkel. Då skal folkeslag sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom. Du skal få eit nytt namn, som Herren sjølv skal gje deg. Du skal vera ein herleg krans ¬i Herrens hand, ein kongeleg hovudprydnad i handa åt din Gud. Du skal ikkje lenger kallast ¬«Den forlatne», og ditt land skal ikkje meir ¬heita «Øydemark». Men du skal kallast ¬«Mi kjære», og landet ditt ¬skal heita «Kone». For Herren skal ha deg kjær, og landet ditt skal takast ¬til ekte. Som ein ungdom gifter seg ¬med ei møy, skal dine søner ta deg til ekte. Og som ein brudgom ¬gleder seg over si brur, skal din Gud gleda seg ¬over deg. På murane dine, Jerusalem, har eg sett vaktmenn. Og dei skal aldri teia anten dag eller natt. De som prisar Herren, unn dykk ikkje ro! Lat heller ikkje han få ro før han byggjer opp att ¬Jerusalem og gjer byen til ein lovsong ¬på jorda. Herren har svore ¬ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Aldri meir skal eg gje ditt korn til føde for dine fiendar, og ikkje skal framande ¬drikka din vin, som du har hatt møda med. Nei, dei som haustar kornet, skal eta det og prisa Herren; og dei som sankar druene, skal drikka vinen i mine heilage tempelgardar. Dra ut, dra ut gjennom ¬portane, og ryd ein veg for folket! Bygg, ja bygg ein kongsveg og reinsa han vel for stein! Reis ei merkestong for folka! Høyr, Herren lèt det ljoma til heimsens ende: Sei til Sions dotter: Sjå, di frelse kjem! Sjå, dei han fekk i løn, ¬er med han, dei han vann, går føre han. Dei skal kallast ¬det heilage folket, dei som Herren har løyst ut. Og sjølv skal du kallast ¬den søkte, byen som ikkje ligg aud og tom. Kven er han ¬som kjem frå Edom, frå Bosra i blodraude klede, han som er så briken ¬i sin bunad, og skrid fram i si store kraft? «Det er eg, ¬eg som talar i rettferd, eg som har makt til å frelsa.» Kvifor er din bunad så raud, lik kleda åt ein ¬som trakkar druer? «Åleine trødde eg i vinpressa, ingen av folka var med meg. Eg trødde på dei i vreide og trakka dei ned i harme. Då skvatt deira blod ¬på kleda mine, heile min klednad vart tilsølt. For ein straffedag ¬hadde eg i tankar, mitt utløysingsår var kome. Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte, eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte. Då kom min arm meg til hjelp, min harme stødde meg. Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreide og knuste dei i min harme; deira blod lét eg renna ¬til jorda.» Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningar og lova han for hans storverk, for alt det Herren har gjort ¬mot oss, for alt det gode som han i sin nåde og i si store miskunn har gjort mot Israels ætt. Han har sagt: «Ja, dei er mitt folk, søner som aldri svik.» Og han vart ein frelsar for dei. I all deira trengsle var det inga trengsle. Hans eigen engel frelste dei. I sin kjærleik og i si ¬medkjensle løyste han dei ut. Han tok dei opp og bar dei alle dagar frå gamal tid. Men dei var trassige og gjorde hans ¬Heilage Ande sorg. Så snudde han om ¬og vart deira fiende, han stridde sjølv imot dei. Då tenkte dei på gamle dagar, på Moses, som var hans tenar: Kvar er han ¬som tok opp or vatnet han som vart hyrding ¬over hans hjord? Kvar er han som gav han sin Heilage Ande i hjarta? Han lét sin herlege arm fara fram på høgre sida ¬av Moses; han kløyvde vatnet ¬framfor folket og skapte seg eit evig namn. Han lét dei gå gjennom djupet som hesten på steppa – dei snåva ikkje. Som når ein buskap ¬går ned i dalen, førte Herrens Ande dei til ro. Ja, såleis førte du ditt folk og skapte deg eit herleg namn. Sjå ned frå himmelen, ja, sjå frå din heilage, ¬herlege bustad! Kvar er din brennhug ¬og di kraft? Di djupe medkjensle ¬og di miskunn held du att frå meg. Og du er då vår far! Abraham veit ikkje om oss, og Israel kjenner oss ikkje. Men du, Herre, er vår far, frå gamal tid ¬er ditt namn vår utløysar. Kvifor fører du oss bort, ¬Herre, frå dine vegar? Kvifor gjer du hjarta vårt hardt, så vi ikkje ottast deg? Snu om for dine tenarar skuld, dei ætter som er din eigedom! Eit lite bel ¬fekk folket eiga ditt tempel, så trakka våre fiendar ¬ned din eigedom. Det har vorte med oss som om du aldri ¬hadde rådt over oss, som om ditt namn ¬ikkje var nemnt over oss. Gjev du kløyvde himmelen og steig ned, så fjella skalv for deg, som når elden fatar i risved og får vatnet til å koka. Då skulle dine fiendar ¬få kjenna ditt namn og folkeslag skjelva ¬for ditt åsyn, når du gjorde under ¬som ingen venta, og steig ned ¬så fjella skalv for deg. Aldri har nokon høyrt ¬eller spurt, aldri har auga sett nokon annan gud enn deg som kan gjera slikt for dei som ventar på han. Du møter dei ¬som med glede gjer rett, og tenkjer på ¬korleis du går fram. Men du vart harm, og vi synda. Så har det alltid vore – kan vi då verta frelste? Alle vart vi som ureine, som skite ty vart all ¬vår rettferd. Vi vart alle som vise lauv, våre misgjerningar bles ¬oss bort som vinden. Det finst ingen ¬som kallar på ditt namn, ingen som tek seg saman og held fast på deg. For du har løynt ditt åsyn ¬for oss og gjeve oss våre synder i vald. Men du, Herre, er då vår far! Vi er leira, og du har skapt oss, alle er vi eit verk av di hand. Herre, ¬lat ikkje harmen din loga, kom ikkje evig i hug vår skuld! Sjå ned til oss, vi er då alle ditt folk! Aude ligg dine heilage byar, Sion er ei øydemark og Jerusalem ei audn. Vårt heilage, herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har vorte eit rov for elden. Alt det vi var glade i, ligg i røys. Kan du roleg sjå på dette, ¬Herre, teia og audmykja oss så djupt? Eg hadde svar til dei ¬som ikkje spurde, eg var å finna for dei ¬som ikkje søkte meg. Til eit folk ¬som ikkje kalla på meg, sa eg: «Her er eg, her er eg!» Heile dagen ¬rette eg ut mine hender til eit trassig folk, som gjekk på vonde vegar og fylgde sine eigne tankar. Beint opp i andletet på meg eggjar folket meg støtt ¬til harme. Dei ber fram slaktoffer ¬i hagane og brenner offer på teglstein. Dei held til i gravene og ligg i holer om natta. Dei et svinekjøt, har ureint sodd i skålene og seier: «Hald deg unna, rør meg ikkje, eg er heilag for deg!» Dette gjer at vreiden min ryk, han logar som eld heile dagen. Sjå, det står skrive for ¬mitt åsyn: Eg vil ikkje teia før eg får gjeve dei att, ja, gjeve dei att ¬midt oppi fanget både for deira brot, ¬seier Herren, og for brota åt fedrane deira. Dei brende offer på fjella og vanæra meg på haugane. Så mæler eg opp i fanget på dei løna for det dei før har gjort. Så seier Herren: Når det finst saft i druene, seier ein: «Øydelegg dei ikkje, for det er velsigning i dei!» Sameleis gjer eg ¬med mine tenarar; eg skal ikkje tyna dei alle. Eg lèt ei ætt gå fram av Jakob, av Juda ein arving til mine fjell. Mine utvalde ¬skal ta landet i eige, og der skal mine tenarar bu. Saron skal verta til sauebeite og Akor-dalen til storfelæger for dei av mitt folk ¬som søkjer meg. Men de som har gått bort ¬frå Herren og gløymt mitt heilage fjell, som dukar offerbord for Gad og skjenkjer krydda vin ¬for Meni, dykkar lagnad ¬skal vera sverdet, alle skal de bøya dykk ¬til slakting. For de svara ikkje når eg ropa, og høyrde ikkje når eg tala, men gjorde det som vondt var ¬i mine augo, og valde det som eg ikkje lika. Difor, så seier Herren vår Gud: Sjå, mine tenarar skal eta, men de skal svelta, mine tenarar skal drikka, men de skal tyrsta. Sjå, mine tenarar skal fegnast, men de skal skjemmast, mine tenarar skal jubla ¬av hjartans lyst, men de skal skrika ¬av hjartesorg og jamra dykk i vonløyse. Det namn som de lèt ¬etter dykk, skal mine utvalde bruka til eit forbanningsord: «Gjev Herren vår Gud ¬lèt deg døy som dei!» Men mine tenarar ¬skal få eit anna namn. Den som søkjer velsigning ¬i landet, skal velsigna seg ¬ved den trufaste Gud, og den som gjer eid i landet, skal sverja ¬ved den trufaste Gud. For dei førre trengsler ¬er gløymde, ja, løynde for augo mine. Sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord. Det som var, ¬skal ingen minnast, aldri meir skal det komast ¬i hug. Ja, gled og fryd dykk til evig tid over det som eg skaper! For eg skaper Jerusalem om til ein jublande by og dei som bur der, til eit lukkeleg folk. Og eg vil fryda meg ¬over Jerusalem og gleda meg over mitt folk. Aldri meir skal det høyrast gråt eller klagerop i byen. Der skal det ikkje lenger ¬finnast born som lever berre nokre dagar, eller gamle som ikkje når det fulle dagetalet sitt. Nei, ung er den ¬som døyr hundre år gamal, og den som ikkje vert hundre, må vera forbanna. Hus skal dei byggja som dei sjølve får bu i, vingardar skal dei planta og sjølve eta frukta. Dei skal ikkje byggja ¬så andre får bu, og ikkje planta så andre får eta. Dei som høyrer folket mitt til, skal nå same alder som treet; dei eg har valt ut, skal få nyta frukta av ¬sitt arbeid. Dei skal ikkje streva ¬til inga nytte og ikkje få born ¬som brått må døy. For dei er ei ætt, ¬velsigna av Herren, dei får ha sine born hjå seg. Og før dei ropar, skal eg svara, medan dei enno talar, ¬vil eg høyra. Ulv og lam skal beita saman, og løva skal eta halm ¬som oksen, men ormen skal ha mold ¬til mat. Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagn på heile mitt heilage fjell, ¬seier Herren. Så seier Herren: Himmelen er ¬min kongsstol og jorda skammel ¬for mine føter. Kva slag hus ¬kan de byggja åt meg, kva slag bustad kan de ¬gje meg? Alt dette har eg skapt ¬med mi hand, såleis vart det til, seier Herren. Desse ser eg nådig til: dei arme som kjenner seg ¬knuste og skjelv for mitt ord. Den som slaktar ein okse, er lik ein manndrapar, den som ofrar eit lam, er lik ein hundemordar, den som ber fram grødeoffer, er lik den som ofrar svineblod, den som brenner røykjelse, er lik den som hyller ¬ein avgud. Dei som gjer dette, har valt sine eigne vegar; dei held av sine fæle ¬gudebilete. På same måten vel eg òg å la det gå dei ille og føra over dei det dei går og gruar for. For ingen svara når eg ropa, og ingen høyrde når eg tala. Dei gjorde det som vondt var ¬i mine augo, og valde det som eg ikkje lika. Høyr kva Herren seier, de som skjelv for hans ord! Brørne dykkar som hatar dykk og støyter dykk bort ¬for mitt namn skuld, dei seier: ¬«Lat Herren syna seg herleg, så vi kan sjå kor glade de vert!» Men dei skal verta til skammar. Høyr larmen frå byen! Høyr omen frå templet! Høyr, Herren gjev ¬sine fiendar lika for det dei har gjort! Før riene kjem, ¬har kvinna født, før ho vert sjuk, ¬har ho fått ein gut. Kven har høyrt noko slikt, kven har sett noko liknande? Kjem eit land til ¬på ein einaste dag, vert eit folk født ¬på ein augneblink? Men Sion fødde sine born med det same riene kom. Skulle eg opna morsliv og ikkje la det koma til fødsle? ¬seier Herren. Skulle eg la fødsla ta til og så halda fosteret att? seier din Gud. Gled dykk med Jerusalem, og jubla over henne, alle de som har henne kjær! Fegnast med henne, alle de som syrgjer over henne! Så skal de suga og mettast ved hennar trøystefulle barm, ja, drikka og gleda dykk ved hennar herlege bryst. For så seier Herren: Sjå, til Sion leier eg lukke og fred som ei elv, og dit skal rikdomen ¬åt folka koma som ein fløymande bekk. Dei skal bera hennar born ¬på armen og vogga dei på fanget. Som ei mor trøystar son sin, såleis vil eg trøysta dykk, ja, i Jerusalem skal de få trøyst. De skal sjå det ¬med glede i hjarta, de skal gro ¬som det grøne graset. Herrens tenarar ¬skal kjenna hans hand, men fiendane får merka ¬hans vreide. For sjå, Herren kjem ¬som ein eld, hans vogner som ein storm. Han slepper sin vreide laus ¬som ein brann og sine trugsmål som logar. For med eld ¬skal Herren halda dom, med sitt sverd ¬skal han slå kvart menneske; mange er dei som Herren ¬feller. Dei som helgar og reinsar seg når dei går til hagane i lag med ein som går i midten, dei som et svinekjøt, mus og annan styggedom, dei skal alle gå til grunne, lyder ordet frå Herren. Eg som kjenner gjerningane og tankane deira, kjem og samlar alle folk og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom. Eg vil gjera eit teikn mellom dei og senda nokre av dei som er berga, ut til folka – til Tarsis, Put, Lud, Mesjek, Rosj, Tubal og Javan – og til øyane og strendene langt borte, der dei ikkje har høyrt om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal forkynna min herlegdom mellom folkeslaga. Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag, som ei offergåve til Herren – til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar. Dei skal koma til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, som når israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus. Og jamvel av dei vil eg ta nokre til prestar og levittar, seier Herren. For liksom den nye himmelen og den nye jorda ¬som eg skaper, alltid skal stå for mitt åsyn, så skal òg dykkar ætt ¬og namn stå seg, lyder ordet frå Herren. Kvar nymånedag, ¬frå månad til månad, og kvar sabbatshelg, ¬frå veke til veke, skal alle menneske koma og bøya seg og tilbe meg, lyder ordet frå Herren. Og når dei så fer bort, skal dei sjå lika av dei menn som reiste seg mot meg. Makken deira skal ikkje døy og elden deira ikkje slokna; dei skal vera ei gru ¬for alle menneske. Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamins-landet. Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans. Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg, og før du vart fødd, ¬helga eg deg; til profet for folka sette eg deg.» Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!» Då sa Herren til meg: «Sei ikkje: Eg er så ung! Alle eg sender deg til, ¬skal du gå til, og alt det eg byd deg, ¬skal du tala. Ver ikkje redd dei, for eg vil vera med deg ¬og berga deg,» lyder ordet frå Herren. Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: «Sjå, eg legg orda mine ¬i din munn. Eg set deg i dag ¬over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og bryta sund, til å byggja og planta.» Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.» Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.» Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.» Då sa Herren til meg: Frå nord skal ulukka ¬sleppast laus over alle som bur i landet. For sjå, eg kallar på alle folk i rika der nord, seier Herren. Dei skal koma ¬og reisa kvar sin kongsstol beint framfor portane ¬i Jerusalem, mot alle murane ikring og mot alle byane i Juda. Då vil eg døma dei ¬for all deira vondskap, fordi dei vende seg bort ¬frå meg, brende offer for andre gudar og tilbad ting ¬dei sjølve hadde laga. Men du, spenn beltet om livet og stå fram og tal til dei alt det eg byd deg! Ver ikkje redd dei, elles gjer eg deg redd dei! Sjå, eg gjer deg i dag ¬til ei fast borg, til ein jernstolpe ¬og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane og ¬stormennene i Juda, mot prestane og folket ¬i landet. Dei skal strida mot deg, ¬men ikkje vinna; for eg vil vera med deg ¬og berga deg, lyder ordet frå Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem: Så seier Herren: ¬Eg kjem i hug ¬din ungdoms truskap, din kjærleik i trulovingstida, då du fylgde meg i øydemarka, i eit land der ingen sår. Heilagt var Israel for Herren, fyrstegrøda av hans avling. Alle som ville gløypa folket, ¬laut bøta, ulukke kom over dei, lyder ordet frå Herren. Høyr Herrens ord, ¬du Jakobs ætt, alle ætter i Israels hus. Så seier Herren: Kva gale fann fedrane dykkar ¬hjå meg, sidan dei gjekk bort frå meg og heldt seg til gudar ¬som ikkje duger, så dei vart duglause sjølve? Dei spurde ikkje: «Kvar er Herren som førte oss opp frå Egypt og leidde oss ¬gjennom øydemarka, eit land med moar og kløfter, eit land med turk og mørker, eit land der folk ikkje ferdast og menneske ikkje bur?» Eg førte dykk ¬til eit veldyrka land, der de fekk nyta frukta ¬og grøda. Men då de kom dit inn, gjorde de landet mitt ureint og odelen min ¬til ein styggedom. Prestane spurde ikkje: ¬«Kvar er Herren?» Og dei som syslar med lova, ¬kjende meg ikkje. Hyrdingane fall frå meg, profetane spådde ved Ba’al og heldt seg ¬til gagnlause gudar. Difor vil eg framleis føra klagemål mot dykk, lyder ordet frå Herren, ja, føra klagemål ¬mot barneborna dykkar. Far over til kittearøyane ¬og sjå, send bod til Kedar ¬og røk vel etter, ja, sjå om noko slikt har hendt! Har noko folk bytt bort ¬sine gudar – endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk har bytt bort ¬si ære mot det som ikkje gagnar. Reddast, du himmel, ja, skjelv av redsle over dette! lyder ordet frå Herren. For to vonde ting ¬har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar ¬som ikkje held vatn. Er Israel ein træl, er han ein heimefødd træl? Kvifor har han vorte røva? Unge løver brølte mot han, høgt lét dei røysta si ljoma. Landet hans vart gjort ¬til ei audn, byane vart brende, ¬så ingen kan bu der. Jamvel menn ¬frå Nof og Takpanhes har gjort deg skallet. Er du ikkje sjølv skuld i dette fordi du gjekk bort ¬frå Herren din Gud den tid han førte deg på vegen? Kva hjelper det vel ¬at du fer til Egypt og vil drikka vatn or Nilen? Kva hjelper det ¬at du fer til Assur og vil drikka vatn or Eufrat? Det er din eigen vondskap ¬som tuktar deg, ditt fråfall som fører til straff. Så må du då skjøna og sjå kor vondt og beiskt det er at du har gått bort ¬frå Herren din Gud og ikkje lenger har age for meg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Frå fyrste stund ¬har du brote åket og slite sund lekkjene dine. Du sa: «Eg vil ikkje ¬tena deg lenger.» På alle høge haugar og under kvart grønt tre la du deg ned og dreiv utukt. Eg planta deg ¬som eit edelt vintre, ei heilt igjennom ekte plante. Korleis har du då vorte omskapt til villskot, eit uekte vintre? Om du vaskar deg i lut og øydslar med såpe, ser eg likevel di skitne skuld, lyder ordet frå Herren Gud. Korleis kan du seia: «Eg er ikkje urein, eg har ikkje sprunge ¬etter Ba’al-gudane»? Sjå kva du dreiv med ¬nede i dalen, og skjøn kva du har gjort! Du liknar ei lettføtt ¬kamelhoppe som renner hit og dit, eit villesel, kjent på steppa. Ho syp etter anden ¬i sin brunst; kven kan døyva hennar trå? Dei som leitar etter henne, treng aldri springa seg trøytte; i paringstida ¬finn dei henne lett. Lat ikkje foten din verta berr, og spar strupen din for torste! Men du svarar: «Nei, det er nyttelaust, for eg elskar dei framande, ¬dei vil eg fylgja.» Som ein tjuv må skjemmast ¬når han vert gripen, såleis skal israelittane ¬skjemmast, både dei sjølve ¬og kongane deira, hovdingane, prestane ¬og profetane deira. Dei seier til treet: ¬«Du er far min,» og til steinen: ¬«Du har født meg.» Dei snur ryggen til meg ¬og ikkje andletet; men når ulukka kjem, seier dei: «Reis deg og hjelp oss!» Kvar er då gudane ¬som du laga deg? Lat dei reisa seg og hjelpa deg ¬når ulukka kjem! For du har like mange gudar som du har byar, Juda. Kvifor ligg de i strid med meg? De har alle gjort opprør ¬mot meg, lyder ordet frå Herren. Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar; dei lét seg ikkje aga. Som ei herjande løve tynte dykkar sverd profetane. De som høyrer denne ætta til, akta på Herrens ord! Har eg vore ¬som ei øydemark for Israel eller som eit kolmørkt land? Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil, vi kjem aldri meir til deg»? Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnad eller ei brur sitt belte? Men mitt folk har gløymt meg i uminnelege tider. Kor vel du veit å finna vegen når du trår etter elskhug! Difor har du òg lært deg å gå på vonde vegar. Ja, på kappesnippane ¬har du blod av skuldlause fattigfolk, som du ikkje har gripe ¬i innbrot. Likevel seier du: «Eg er skuldlaus, vreiden hans ¬har vendt seg frå meg.» No stemner eg deg for retten, for du seier: ¬«Eg har ikkje synda.» Å, kor lett du tek det med å velja ein annan veg! Men Egypt kjem òg til å verta ¬eit vonbrot for deg, like eins som Assur vart det. Jamvel derifrå må du gå med hendene over hovudet. For Herren har vraka dei du set di lit til. Du får inga nytte av dei. Når ein mann sender frå seg kona si, og ho går bort ¬og gifter seg med ein annan, kan han då koma til henne att? Ville ikkje landet reint ¬verta vanhelga? Og så skulle du som har drive utukt ¬med mange menn, koma att til meg! seier Herren. Lyft augo til dei ¬snaue høgdene og sjå! Finst det ein stad ¬der du ikkje lét deg ta? Frammed vegane sat du ¬og venta på elskarar som ein arabar i øydemarka. Du vanhelga landet ¬med utukt og vondskap. Difor kom ikkje regnskurene, og det regnde ikkje om våren. Du hadde ei mine ¬som ei horkvinne, du ville ikkje skjemmast. Likevel ropa du nyleg til meg: «Min far, ¬du er min ungdomsven. Vil han vera evig vreid og alltid gøyma på harme?» Såleis tala du, men det du gjorde, var vondt, og det til gagns. Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der. Eg tenkte: «Etter at ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho venda om til meg.» Men ho vende ikkje om. Det såg den trulause systera hennar, Juda. Og ho såg at eg sende Israel, den fråfalne, bort og gav henne skilsmålsbrev fordi ho hadde drive utukt. Den trulause systera hennar, Juda, vart likevel ikkje redd, men gjekk av stad og dreiv utukt, ho òg. Med sitt lauslyndte horeliv vanhelga ho landet; ho dreiv utukt med stein og tre. Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren. Herren sa til meg: Den fråfalne, Israel, har mindre skuld enn den trulause, Juda. Gå og rop ut desse orda mot nord: Vend om, du fråfalne Israel! lyder ordet frå Herren. Eg ser ikkje lenger på deg ¬med harme, for eg er miskunnsam, lyder ordet frå Herren, eg vil ikkje evig vera vreid. Berre vedgå di skuld, at du har gjort opprør ¬mot Herren din Gud. Du fór ikring ¬etter framande gudar – under kvart grønt tre, du høyrde ikkje på meg, lyder ordet frå Herren. Vend om, de fråfalne søner! lyder ordet frå Herren. For eg er herren dykkar. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei ætt, og føra dykk til Sion. Eg vil gje dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal vakta dykk med kunnskap og skjøn. Når de aukar og veks i landet i dei dagane, lyder ordet frå Herren, skal dei ikkje lenger tala om Herrens paktkiste eller koma henne i hug. Dei skal ikkje tenkja på henne og ikkje sakna henne, og det skal aldri lagast ei ny kiste. På den tid skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol. Der skal alle folkeslag samlast – til Herrens namn, til Jerusalem. Dei skal ikkje lenger fylgja sitt vonde og harde hjarta. I dei dagane skal Juda-ætta gå i lag med Israels-ætta, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til odel og eige. Eg sa: Kor høgt eg ville ¬setja deg mellom søner! Eg ville gje deg eit herleg land, den fagraste arv mellom folka. Eg tenkte de ville kalla meg far og aldri venda dykk ¬bort frå meg. Men liksom ei kvinne ¬er trulaus mot venen sin, var du trulaus mot meg, ¬du Israels ætt, lyder ordet frå Herren. Høyr, det lyder gråt ¬på dei snaue høgdene, audmjuke bøner ¬frå Israels-folket; for dei har gått på vonde vegar, dei har gløymt Herren sin Gud. Snu om, de fråfalne søner, så skal eg lækja dykkar fråfall. «Sjå her, vi kjem til deg, for du er Herren vår Gud. Det er lygn og svik, ¬det som hender på haugane, det ville ståket på fjella. Sanneleg, ¬berre hjå Herren vår Gud er det frelse for Israel. Heilt frå vår ungdom har Skamma ete opp det fedrane våre sleit i hop, sauene og oksane deira, ja, sønene og døtrene med. Så lat oss liggja i vår skam, lat vanæra breia seg over oss! For vi har synda ¬mot Herren vår Gud, både vi og våre fedrar, frå vår ungdom til denne dag; vi har vore ulydige ¬mot Herren vår Gud.» Israel, dersom du ¬vender om, så vend om til meg, lyder ordet frå Herren. Tek du bort ¬dei avskyelege gudane dine, så eg aldri ser dei meir, skal du sleppa å flakka ¬heimlaus ikring. Og sver du ærleg, ¬rett og rettvist: «Så sant Herren lever», skal folka verta velsigna i han og prisa seg sæle i han. Så seier Herren ¬til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Bryt dykk nytt land, og så ikkje meir ¬mellom klunger! Omskjer dykk for Herren, ta bort dykkar hjartans ¬førehud, de Juda-menn ¬og Jerusalems-buar! Elles skal harmen min ¬loga som eld og brenna ¬utan at nokon sløkkjer, for alt det vonde de har gjort. Kunngjer dette i Juda, rop det ut i Jerusalem: Lat hornet ljoma i landet, og rop av full hals: Samla dykk og lat oss gå inn i festningsbyane! Lyft hærmerket ¬og før det til Sion! Berga dykk og stogga ikkje! For eg sender ei ulukke ¬frå nord, ei veldig øydelegging. Ei løve stig opp or kjerret. Ein som herjar mellom folka, tek ut og fer frå sin stad; han vil gjera landet ditt ¬til ei audn. Byane dine skal leggjast i grus, så ingen kan bu der. Bind difor syrgjeplagg ¬om livet, set i med klagerop og hyl! For Herrens brennande vreide har ikkje vendt seg frå oss. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, skal kongen og hovdingane ¬missa motet. Prestane skal stivna av redsle og profetane stå der lamslegne. Eg sa: Å, Herre Gud, du har sanneleg svike dette folket og Jerusalem då du sa: «De skal ha fred», og så sit sverdet ¬i strupen på oss. På den tid skal det seiast til dette folket og til Jerusalem: Ein vind som dirrar av hete, er på veg mot folket mitt frå dei snaue høgdene ¬i øydemarka, ikkje som når ein kastar ¬og reinsar korn, nei, ein sterkare storm ¬kjem hit på mitt bod. No vil eg òg fella dom over dei. Som uversskyer ¬stig fienden opp; hans vogner er som ein storm, hans hestar snøggare ¬enn ørnar. Ve oss, det er ute med oss! Jerusalem, reinsa hjarta ditt ¬for vondskap, så skal du verta berga. Kor lenge vil du hysa vonde tankar i hugen din? Høyr, det kjem eit bod frå Dan, ei ulukkemelding ¬frå Efraims-fjella. Sei frå til folk: Der er dei! Rop det ut over Jerusalem! Fiendar kjem frå land ¬langt borte, dei set i med hærrop ¬mot byane i Juda. Som vaktmenn på ein åker ¬kringset dei landet, fordi det var trassig mot meg, lyder ordet frå Herren. Di åtferd og dine gjerningar har valda deg dette. Det er den beiske frukt ¬av din vondskap; no gjeld det ditt liv. Å, bringa mi, bringa mi! Eg vrid meg i verk. Å, veggene i hjarta mitt! Hjarta mitt ankar seg, ¬eg kan ikkje teia. Eg høyrer lyden ¬av horn og hærrop. Samanbrot på samanbrot ¬melder dei, ja, heile landet er herja. Brått vert telta mine ¬øydelagde, teltdukane rivnar ¬i ein augneblink. Kor lenge må eg sjå hærmerke og høyra hornljom? Ja, fåvist er mitt folk, dei kjenner ikkje meg. Uvituge søner er dei og skjønar ingen ting. Glupe er dei til å gjera vondt, men dei har ikkje vit ¬til å gjera det gode. Eg såg på jorda ¬– ho var aud og tom, og på himmelen ¬– ljoset var borte. Eg såg på fjella ¬– dei skalv, og alle haugane bivra. Eg såg – det fanst ikkje ¬eit menneske, og alle fuglane ¬under himmelen ¬var flogne. Eg såg – det grøderike landet ¬var ei øydemark, og alle byane var nedrivne. Det hadde Herren gjort i sin brennande vreide. Så seier Herren: Heile landet skal verta ei audn, men eg gjer ikkje ende på det. Difor syrgjer jorda, og himmelen der oppe ¬svartnar. For eg har tala og lagt min plan, eg gjer han ikkje om ¬og tek han ikkje att. For gnyen av hestfolk ¬og bogeskyttarar rømer kvar by. Dei gøymer seg i tettskogen og stig opp på hamrane. Alle byane er folketome, ingen bur i dei. Du som er herja, ¬kva vil du gjera? Om du kler deg i skarlak og pryder deg med gullstas, om du gjer augo store ¬med sminke, gjer du deg fager til fånyttes. Dine elskarar vanvørder deg, dei står deg etter livet. Eg høyrer støn ¬som av ei kvinne i rier, skrik som når ho føder ¬for fyrste gong. Det er Sions dotter som ropar; ho syp etter anden, retter ut hendene og seier: «Ve meg, maktlaus sig eg om i hendene på mordarar!» Gå ikring i Jerusalems gater og merk dykk det de ser, leita på torg og plassar om de finn einkvan, om det finst ein einaste ¬som gjer rett og legg vinn på truskap, så eg kan tilgje folket i byen. Dei seier nok: «Så sant Herren lever», men gjer likevel rang eid. Herre, du ser då etter truskap. Om du slår dei, kjenner dei ikkje vondt, om du gjer ende på dei, lèt dei seg ikkje aga. Dei gjer andletet hardare ¬enn stein og vil ikkje venda om. Eg tenkte: Det er berre småkårsfolk, dei ber seg åt som dårar; for dei kjenner ikkje ¬Herrens veg, den retten deira Gud krev. No vil eg gå til dei store og tala med dei, for dei kjenner Herrens veg, den retten deira Gud krev. Men dei har alle brote åket og slite sund lekkjene. Difor skal løva frå skogen ¬slå dei ned, steppeulven skal herja ¬mellom dei; attmed byane ligg leoparden ¬på lur, alle som går ut, vert rivne i hel. For deira brot er mange, gong på gong har dei falle frå. Kvifor skulle eg tilgje deg? Sønene dine har gått bort ¬frå meg og svore ved gudar ¬som ikkje er til. Eg gav dei det dei trong, men dei dreiv hor og samla seg i horehuset. Dei er som brunstige, ¬velfødde hestar, kvar mann kneggjar etter kona ¬til grannen. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på eit såvore folk? Stig opp på terrassane i byen, øydelegg dei, men ikkje heilt! Ta bort vinrankene der, for dei høyrer ikkje Herren til. Ja, dei har vore trulause ¬mot meg, både Israels ætt og Judas ætt, lyder ordet frå Herren. Dei fornektar Herren og seier: «Han gjer ingen ting. Ulukka kjem ikkje over oss, sverd og svolt skal vi ikkje sjå. Profetane skal verta til vind; Herrens ord er ikkje i dei, difor skal det gå dei så.» Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud: Sidan de talar slike ord, gjer eg mine ord i din munn ¬til eld og dette folket til ved som elden skal øyda. No sender eg mot dykk, ¬Israels ætt, eit folk som kjem ¬langt bortanfrå, lyder ordet frå Herren. Det er eit folk ¬som ingen vinn over, eit folk frå gamal tid. Du kjenner ikkje språket deira og skjønar ikkje kva dei seier. Deira pilehus er ¬som ei open grav, kjemper er dei alle. Dei et opp ditt korn og brød, dei et dine søner og døtrer, dei et opp ditt småfe og storfe, dei et dine vintre og fikentre. Dine festningsbyar ¬som du lit på, skal dei øyda med sverd. Men jamvel i dei dagane, lyder ordet frå Herren, vil eg ikkje reint gjera ende på dykk. Og når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette med oss?» skal du svara dei: «Liksom de gjekk bort frå meg og dyrka framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje høyrer dykk til.» Kunngjer dette i Jakobs ætt, og rop det ut i Juda: Høyr dette, du uvituge folk som ikkje eig skjøn, som har augo, men ikkje ser, og øyro, men ikkje høyrer. Har de ikkje age for meg, skjelv de ikkje for mitt åsyn? lyder ordet frå Herren, eg som gav havet ¬ei sandstrand til grense, ein evig skipnad ¬det ikkje kan krenkja. Om det bryt på, ¬har det inga makt, om bylgjene brusar, ¬når dei ikkje over. Men dette folket ¬er trassig og stridlyndt, dei har vike av og gått sin veg. Dei seier ikkje med seg sjølve: «Lat oss ottast Herren vår Gud, han som sender regn i rette tid, både haustregn og vårregn, og syter for at vi kan hausta inn i dei vekene ¬som er fastsette til det.» Men fordi de har gjort vondt, har dette kome ut av lage; det er syndene dykkar som held alt dette gode ¬borte frå dykk. For det finst gudlause menn ¬i folket mitt. Dei ligg og lurer som når fuglefangarar ¬huker seg ned, set farlege snarer ¬og fangar menneske. Som eit bur er fullt av fuglar, er husa deira fulle av svik. Difor har dei vorte store ¬og rike, tjukke og feite er dei. Det fløymer over ¬med vonde ord. Dei dømer ikkje rett, tek seg ikkje av saka ¬åt farlause, så ho kan lukkast for dei, og syter ikkje for ¬at fattigfolk får sin rett. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på eit såvore folk? Det er fæle, ja, gruelege ting som går føre seg i landet. Profetane spår ved Lygna, prestane styrer og rår ¬som dei vil, og folket mitt likar det så. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem? Berga dykk, ¬Benjamins søner, kom dykk bort frå Jerusalem! Blås i horn i Tekoa, reis merkestong ¬på Bet-Hakkerem! For ei ulukke trugar frå nord, ei stor øydelegging. Eg gjer ende på Sions dotter, den fine, bortskjemde kvinna. Til henne skal gjætarar koma med saueflokkane sine. Dei slår opp telt ikring henne og kvar sitt stykke ¬beiter dei snautt. «Lys heilag krig mot henne! Kom, lat oss gå til åtak ¬midt på dagen!» «Ve oss, det lid mot kveld, og skuggane lengjest.» «Kom, lat oss gå til åtak i natt og øydeleggja borgene ¬i byen!» Så seier Herren, Allhærs Gud: Fell tre og kast opp ein voll, Jerusalem skal kringsetjast. Byen skal krevjast ¬til rekneskap, han er full av vald og urett. Som ei kjelde ¬lèt vatnet strøyma fram, lèt byen vondskapen strøyma. Der høyrer ein om vald ¬og ran, støtt ser eg liding og sår. Jerusalem, ta lærdom av dette, elles vender eg meg frå deg og gjer deg til ei audn, til eit land der ingen kan bu. Så seier Herren, Allhærs Gud: Hald ettersanking ¬som på eit vintre, hald ettersanking på ¬Israels rest! Gå endå ein gong ¬over rankene med handa lik ein som plukkar druer! «Kven skal eg tala til og åtvara, så dei høyrer det? Øyro deira er uomskorne, dei kan ikkje høyra etter. Dei driv spott med Herrens ord og bryr seg ikkje om det. Men eg er full ¬av Herrens harme, eg greier ikkje å halda han att.» Så aus han ut over borna ¬på gata og over heile ungdomsflokken! Både mann og kvinne ¬skal fangast, gamle menn og oldingar. Husa deira skal koma ¬i annan manns eige, deira jorder og kvinner ¬like eins. For no retter eg ut mi hand mot dei som bur i landet, lyder ordet frå Herren. For alle saman, små og store, søkjer urett vinning. Profetar og prestar ¬fer alle med svik. Lettvint lækjer dei ¬skaden i mitt folk, når dei seier: «Fred, fred!» – og så er det ingen fred. Dei skal verta til skammar, for stygge ting har dei gjort. Likevel skjemmest dei ikkje, og blygsle veit dei ikkje av. Difor skal dei falla som hine; på den tid eg krev dei ¬til rekneskap, skal dei stupa, seier Herren. Så sa Herren: Stå på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Ferdast på den, ¬så skal de finna kvile. Men dei svara: «Vi vil ikkje ferdast der.» Eg sette vaktmenn over dykk ¬og sa: «Lyd etter når hornet ljomar!» Men dei svara: «Vi vil ikkje lyda.» Høyr difor, de folkeslag, og merk dykk, de som er samla, det som skal henda ¬mellom dei! Lyd etter, du jord! No fører eg ulukke ¬over dette folket, ei frukt av deira vonde tankar. For dei høyrde ikkje ¬på mine ord, og dei vanvørde mi lov. Kva skal eg med røykjelse ¬frå Saba og dei beste krydder ¬frå land langt borte? Brennoffera dykkar ¬vil eg ikkje ha, slaktoffera har eg ikkje ¬hugnad i. Difor seier Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, så det fell; fedrar og søner skal missa livet, granne skal døy ¬saman med granne. Så seier Herren: Det kjem eit folk ¬frå landet i nord, eit mektig folk tek ut frå utkanten av jorda. Spyd og boge har dei i handa, harde er dei og sparer ingen. Larmen av dei ¬lyder som havdur, på hestar kjem dei ridande. Budde som stridsmenn fer dei mot deg, Sions dotter. Då vi høyrde ryktet om dei, vart våre hender kraftlause. Vi vart gripne av angst og skalv ¬som ei fødande kvinne. Gå ikkje ut på marka og ferdast ikkje på vegen! For fienden har sverd, rundt ikring rår redsle. Bind syrgjeplagg om deg, ¬mitt folk, og velt deg i støvet! Hald syrgjehøgtid ¬med bitter klage som når einaste barnet døyr. For brått kjem herjaren ¬over dykk. Eg har sett deg ¬til å prøva folket mitt lik ein som prøver gull; du skal kjenna ¬og prøva deira ferd. Trassige opprørarar er dei alle, dei går rundt og baktalar folk; dei er som bronse og jern og ber seg vondt åt, alle saman. Belgen blæs, men blyet er urørt av elden. Det nyttar ikkje å smelta, dei vonde vert ikkje utskilde. Vraka sølv skal dei kallast, for Herren har vraka dei. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: Stig fram i porten til Herrens hus og rop ut denne bodskapen: Høyr Herrens ord, alle de judearar som går inn gjennom desse portane for å bøya dykk og tilbe Herren. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykkar åtferd og gjerningar betrast, så skal eg la dykk bu på denne staden. Set ikkje lit til lygnorda: «Her er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!» Men om de lèt dykkar åtferd og gjerningar betrast, om de gjer rett mot kvarandre, ikkje er harde med innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje held dykk til andre gudar, til skade for dykk sjølve, då vil eg for alle tider la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar i gamle dagar. Men de lit på lygnord, som inkje gagnar. Er det ikkje så at de stel, slår i hel, bryt ekteskapet og gjer rang eid, at de brenner offer for Ba’al og held dykk til andre gudar, som de ikkje kjenner? Og så kjem de og stig fram for meg i dette huset som ber mitt namn, og seier: «Vi er frelste.» Og endå held de på med all denne styggedomen! Trur de at dette huset som ber mitt namn, er ei røvarhole? Eg òg kan sjå, lyder ordet frå Herren. Gå berre til den heilage staden min i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den fyrste tid, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hjå folket mitt, Israel. Og no, fordi de har gjort alle desse gjerningane, lyder ordet frå Herren, fordi de ikkje ville høyra endå eg tala til dykk seint og tidleg, og ikkje svara når eg ropa til dykk, så vil eg gjera med dette huset som ber mitt namn, og som de set dykkar lit til – den staden som eg gav dykk og fedrane dykkar – like eins som eg gjorde med Sjilo. Og eg vil støyta dykk bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims-ætta. Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg. Ser du ikkje kva dei driv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem? Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, og kvinnene knar deig og bakar offerkaker til Himmeldronninga, og dei renner ut drikkoffer for andre gudar; såleis krenkjer dei meg. Det er ikkje meg dei krenkjer, seier Herren, men seg sjølve, så dei skal raudna av skam. Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og min harme skal rennast ut over denne staden, over folk og fe, over trea i skogen og grøda på marka. Min harme skal brenna og ikkje slokna. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Berre legg brennoffer attåt slaktoffera dykkar og et kjøt! Den gongen eg førte fedrane dykkar ut or Egypt, tala eg ikkje til dei om brennoffer og slaktoffer og gav dei ikkje påbod om noko slikt. Men dette bodet var det eg gav dei: «Høyr på det eg seier, så vil eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.» Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Dei fylgde sine eigne tankar, sitt vonde, harde hjarta. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet. Alt frå den tid då fedrane dykkar fór ut or Egypt, og heilt til denne dag, har eg gong på gong, seint og tidleg, sendt alle mine tenarar, profetane, til dei. Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyra til. Dei var stridlyndte og bar seg verre åt enn fedrane. Om du seier alt dette til dei, vil dei ikkje høyra på deg; og om du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg. Då skal du seia til dei: «Dette er det folket som ikkje lydde Herren sin Gud og ikkje tok imot tukt. Det er slutt på ærlegdomen, han finst ikkje lenger i deira munn.» Klypp det lange håret ditt og kast det bort! Set i med ein klagesong på dei snaue høgdene! For Herren har vraka og støytt frå seg den ætta som han er harm på. Folket i Juda har gjort det som vondt er i mine augo, lyder ordet frå Herren. Dei har sett opp sine fæle gudebilete i det huset som ber mitt namn, og såleis gjort det ureint. Og dei har bygt offerstaden Tofet i Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og dei skal gravleggja folk i Tofet, fordi det ikkje finst rom andre stader. Lika av dette folket skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei. Då lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna i byane i Juda og på gatene i Jerusalem. For landet skal leggjast i øyde. På den tid, lyder ordet frå Herren, skal dei ta beina av Juda-kongane og hovdingane deira og beina av prestane, profetane og folket i Jerusalem ut or gravene og strøya dei ut for sola, månen og heile himmelhæren, som dei elska, dyrka og heldt seg til, og som dei spurde til råds, bøygde seg for og tilbad. Ingen skal samla og gravleggja dei; til gjødsel på marka skal dei verta. Og dei skal velja døden framfor livet, alle som vert att av denne vonde ætta, på alle dei stader eg driv dei bort til, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Du skal tala til dei: Så seier Herren: Kven er det som dett ¬og ikkje står opp, går bort og ikkje kjem att? Kvifor skal folket ¬her i Jerusalem atter og atter falla ifrå? Dei held fast på sitt svik og vil ikkje venda om. Eg har lydt etter og høyrt. Det er ikkje sant, det dei seier. Det finst ingen som angrar ¬sin vondskap og seier: «Kva har eg gjort!» Alle renner dei vilt av stad, som ein hest stormar ¬fram i strid. Jamvel storken under ¬himmelen kjenner sine faste tider; og turteldua, svala og trasta passar tida når dei skal koma. Men folket mitt kjenner ikkje den rett som Herren krev. Korleis kan de seia: «Vi er vise, vi har Herrens lov hjå oss»? Nei, sanneleg, til ei falsk lov har skrivarane gjort henne med sin lygngriffel. Dei vise skal stå der med skam, dei skal gripast av redsle ¬og fangast i snara. Dei har vraka Herrens ord. Kva hjelper då deira visdom? Difor gjev eg konene deira ¬til andre, markene deira til nye eigarar. For alle saman, små og store, søkjer urett vinning. Profetar og prestar ¬fer alle med svik. Lettvint lækjer dei skaden ¬i mitt folk når dei seier: «Fred, fred!» – og så er det ingen fred. Dei skal verta til skammar, for dei har gjort stygge ting. Likevel skjemmest dei ikkje, og blygsle veit dei ikkje av. Difor skal dei falla ¬som dei andre; på den tid eg krev dei ¬til rekneskap, skal dei stupa, seier Herren. No vil eg hausta dei inn, lyder ordet frå Herren. Men det finst ikkje druer ¬på vintreet og ikkje fiken på fikentreet; lauvet er visna. Eg vil gje dei att etter den frukt dei ber. Kvifor sit vi i ro? Kom saman! Lat oss heller fara ¬inn i festningsbyane og gå til grunne der! For Herren vår Gud ¬lèt oss gå til grunne, han lèt oss drikka giftig vatn; for vi har synda mot Herren. Vi vona på fred og lukke, men det kjem ikkje noko godt; vi venta ei tid med lækjedom, men sjå, det er redsle som rår. Lyden av fiendens ¬frøsande hestar høyrest heilt til Dan. Når hingstane kneggjar, skjelv heile landet. Dei kjem og et opp landet og alt som i det er, byen og dei som der bur. Ja, eg sender mot dykk ormar, eiterormar som ingen ¬kan mana bort. Dei skal bita dykk, lyder ordet frå Herren. Eg er tyngd av ulækjande sorg, hjarta mitt er sjukt. Høyr naudropet frå folket mitt rundt ikring i landet! Er ikkje Herren på Sion, er ikkje byens konge der? Kvifor har dei harma meg med gudebileta sine, med framande gudar ¬som ingenting er? Skurden er ende, ¬sommaren slutt, men vi er ikkje berga. Eg er nedbroten ¬fordi folket mitt er knekt; eg syrgjer, ¬og gru har gripe meg. Finst det ikkje balsam i Gilead, er det ingen lækjar der? Kvifor gror då ikkje såret som folket mitt har fått? Å, om hovudet mitt ¬var vatn og auga mitt ei tårekjelde! Då ville eg gråta dag og natt over dei falne i folket mitt. Å, om eg fann nattelivd for ferdafolk i øydemarka! Då ville eg skiljast ¬med folket mitt og gå bort frå dei. For dei er alle ¬ekteskapsbrytarar, ein flokk av trulause menn. Dei spenner tunga ¬som ein boge. Ikkje på ærleg vis, ¬men med lygn har dei vorte herrar i landet. Dei går frå vondskap ¬til vondskap, og meg kjenner dei ikkje, lyder ordet frå Herren. Akta dykk for kvarandre, lit ikkje eingong på ein bror! Bror fer med list mot bror, ven går rundt og baktalar ven. Dei svik kvarandre, og ingen talar sanning. Dei har vant si tunge ¬til å tala lygn, dei ber seg ille åt ¬og vil ikkje venda om. Vald fylgjer på vald ¬og svik på svik, og meg vil dei ikkje ¬kjennast ved, lyder ordet frå Herren. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud: Eg vil smelta dei og prøva dei. Kva kan eg elles gjera ¬for folket mitt? Tunga deira er ei drepande pil, i munnen har dei ¬svikefulle ord. Dei talar venleg til nesten sin, men i tankane set dei feller ¬for han. Skulle eg ikkje straffa dei ¬for slikt? lyder ordet frå Herren. Skulle eg ikkje hemna meg på slikt eit folk? Eg set i med gråt ¬og klage over fjella, set i med klagesong ¬over beita på steppa. Dei er avsvidde, ¬så ingen ferdast der; det høyrest ingen ¬rautande buskap. Både fuglane under himmelen ¬og dyra på marka har rømt og er borte. Eg gjer Jerusalem ¬til ei steinrøys, ein tilhaldsstad for sjakalar. Byane i Juda gjer eg til ei audn, der ingen kan bu. Kven er så vis ¬at han skjønar dette og kan kunngjera ¬det Herren har tala til han? Kvifor er landet lagt i øyde, avsvidt som ei øydemark, så ingen ferdast der? Herren svara: Fordi dei svikta mi lov, som eg la fram for dei, fordi dei ikkje lydde meg og ikkje levde etter lova, men fylgde sitt harde hjarta og heldt seg til Ba’al-gudane, som fedrane deira ¬hadde lært dei. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eg lèt dette folket eta malurt og drikka giftig vatn. Eg spreier dei ¬mellom folkeslag som korkje dei ¬eller deira fedra kjende, og sender sverdet etter dei til eg får gjort ende på dei. Så seier Herren, Allhærs Gud: Gjev akt! ¬Send bod på klagekonene, så dei kjem hit! Kall på dei kunnige konene! Lat dei skunda seg og koma og syngja klagesong over oss, til augo våre fyllest av gråt, og tårene dryp frå augneloka. Høyr, klageropet lyder ¬frå Sion: «Å, kor vi er herja! Djupt må vi skjemmast, for vi må bort frå landet, sidan dei har lagt våre heimar ¬i grus.» Ja, kvinner, høyr Herrens ord, lat øyra opp for ordet han talar! Lær døtrene dykkar ¬klagesongar, og lær kvarandre syrgjesongar: «Døden steig inn ¬gjennom vindaugo og trengde inn i borgene våre. Han reiv småborn bort frå gata og unge menn frå torga.» Tal såleis, seier Herren: Lik av menneske skal liggja som gjødsel ut over marka, som kornband ¬etter skurdfolket, og ingen samlar dei opp. Så seier Herren: Den vise skal ikkje rosa seg ¬av visdomen sin, den sterke ikkje av styrken sin og den rike ikkje ¬av rikdomen sin. Men den som rosar seg, skal rosa seg av dette: at han har vit og kjenner meg, veit at eg er Herren, som ¬syner miskunn og gjer rett og rettferd på jorda. For slikt har eg hugnad i, lyder ordet frå Herren. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vil heimsøkja alle desse som er omskorne: Egypt, Juda, Edom, Ammon, Moab og alle som bur i øydemarka og har kortklypt hår ved tinningen. For alle dei andre folka er uomskorne på kroppen, men heile Israels-ætta er uomskoren på hjarta. Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt. Så seier Herren: Ven dykk ikkje til å gjera ¬som andre folk og reddast ikkje teikn ¬på himmelen, endå om andre folk reddast dei. For skikkane åt folka ¬er ingenting verde. Dei høgg eit tre i skogen, ein treskjerar lagar det til ¬med øks, han pryder det med sølv og gull og fester det med naglar ¬og hamar, så det står støtt. Gudebileta liknar fugleskræmsla i ein agurkåker; dei kan ikkje tala, og dei må berast, ¬for dei kan ikkje gå. Ver ikkje redde dei! Dei gjer ingen skade, men kan heller ikkje gjera ¬noko godt. Ingen er som du, Herre. Stor er du, stort og mektig er ditt namn. Kven må ikkje ottast deg, som det sømer seg, du konge over folkeslag. For mellom alle vismenn ¬hjå folka, i alle rike er ingen som du. Alle saman er dumme som fe, frå gagnlause tregudar ¬har dei sin lærdom. Platesølvet er kome frå Tarsis og gullet frå Ufas. Det er eit verk av treskjerar ¬og gullsmed, kledt i purpur, fiolett og raudt; alt er laga av kunstnarar. Men Herren, ¬han er i sanning Gud, ein levande Gud ¬og ein evig konge. Jorda skjelv for hans harme, folka kan ikkje halda ut ¬hans vreide. Så skal de seia til dei: «Dei gudar som ikkje skapte ¬himmel og jord, skal kverva frå jorda og ikkje finnast ¬under himmelen.» Herren skapte jorda ¬med si kraft, han grunnla fastlandet i visdom og spente ut himmelen ¬med skjøn. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen, han lèt skodd stiga opp ¬frå enden av jorda, han lèt lyna blinka ¬og regnet falla og sender vinden ¬frå hans opplagsrom. Alle menneske er dumme ¬og uvituge. Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete, dei støypte bileta hans er lygn, det er ikkje ånd i dei. Gagnlause er dei, ¬eit verk til å spotta, i rekneskapsstunda ¬er det ute med dei. Såleis er ikkje han ¬som er Jakobs del, for det er han som skaper alt. Israel er hans eiga ætt. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Pakk sekken, far ut or landet, du som bur i ein kringsett by! For så seier Herren: Denne gongen slengjer eg bort dei som bur i landet; eg fører dei ut i trengsle, så dei skal finna meg. Ve meg, for eit slag! Ulækjande er mitt sår. Dette er berre ei liding som eg må tola, tenkte eg. Teltet mitt er herja, og alle teltsnorer avslitne. Borna mine har fare frå meg, ¬dei er borte; det er ikkje lenger nokon som set opp teltet mitt og spenner ut teltdukane. For gjætarane er dumme ¬som fe, dei søkjer ikkje Herren. Difor har dei ikkje lukka ¬med seg, og heile flokken deira ¬er spreidd. Høyr, det kjem ei melding og eit kraftig drøn ¬frå landet i nord. Byane i Juda ¬skal gjerast til ei audn, ein tilhaldsstad for sjakalar. Herre, eg veit at mennesket ikkje sjølv rår for sin veg, og at ferdamannen ikkje sjølv kan styra sine steg. Tukta meg, Herre, ¬men med måte, ikkje i vreide, ¬så du gjer meg til inkjes. Renn harmen din ut ¬over folkeslag som ikkje kjenner deg, over ætter ¬som ikkje kallar på deg. For dei har ete opp Jakob, ete han opp ¬og gjort ende på han og lagt hans bustad i øyde. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: Høyr orda i denne pakta og tal til Juda-mennene og Jerusalems-buane! Sei til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna vere den som ikkje lyder orda i denne pakta, som eg baud fedrane dykkar å halda den gongen eg førte dei ut or Egypt, or smelteomnen. Då sa eg: Lyd meg, og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. Og eg vil halda den lovnaden eg gav fedrane dykkar med eid, at eg ville gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, så som det no har hendt. Då svara eg: «Så skal det vera, Herre!» Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei! Eg formante fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, og sidan har eg til denne dag formant dei seint og tidleg: «Høyr kva eg seier!» Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Alle fylgde dei sitt vonde og harde hjarta. Då påla eg dei alle orda i denne pakta, som eg baud dei å halda, men som dei ikkje har halde. Sidan sa Herren til meg: Eg har vorte var ei samansverjing mellom Juda-mennene og Jerusalems-buane. Dei har vendt tilbake til misgjerningane åt dei fyrste fedrane sine. Dei ville ikkje lyda orda mine, men heldt seg til andre gudar og dyrka dei. Israels-ætta og Juda-ætta har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira. Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei. Då skal folket i Juda-byane og i Jerusalem gå og ropa til gudane dei ofrar til, men dei skal ikkje hjelpa når ulukka kjem. For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de ofrar til Ba’al. Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klagerop og bøner for dei. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud. Kva vil ho som eg elskar, ¬i mitt hus, ho som har lagt ¬svikefulle planar? Kan lovnader ¬og heilagt offerkjøt ta bort din vondskap? Då kunne du jubla. Herren har kalla deg ¬eit oliventre, grønt, med fager frukt. Men med bulder og brak set elden det i brann, så greinene brotnar. Herren, Allhærs Gud, ¬som planta deg, trugar deg no med ulukke for det vonde ¬som Israels og Judas ætt gjorde mot seg sjølve, ¬då dei ofra til Ba’al og såleis vekte min harme. Herren gjorde det kjent ¬for meg, eg fekk vita om det; då synte du meg ¬deira gjerningar. Eg hadde vore godtruen ¬som eit lam som vert leitt til slakting. Eg visste ikkje at dei tenkte ut vonde planar mot meg og sa: «Lat oss øydeleggja ¬både treet og frukta og rydja han ut ¬or landet åt dei levande, så ingen nemner ¬namnet hans meir.» Herre, Allhærs Gud, ¬du rettferdige domar, som granskar hjarta og nyrer, lat meg få sjå ¬at du tek hemn over dei; for eg har lagt mi sak i di hand. Difor seier Herren så ¬om mennene i Anatot, som står meg etter livet ¬og seier: «Du må ikkje tala profetord ¬i Herrens namn, elles skal du døy for vår hand», ja, så seier Herren, ¬Allhærs Gud: Sjå, eg vil krevja dei ¬til rekneskap. Dei unge mennene ¬skal døy for sverd, deira søner og døtrer ¬skal døy av svolt. Ingen av dei skal leivast; for eg fører ulukke ¬over Anatot-mennene det året eg krev dei ¬til rekneskap. Herre, du har alltid rett når eg fører sak med deg. Likevel må eg føra klagemål ¬mot deg. Kvifor har dei vonde ¬lukka med seg, kvifor er alle ¬dei trulause trygge? Du plantar dei, ¬og dei røter seg; dei veks og ber frukt. Nær er du i deira munn, men langt borte frå ¬deira hjarta. Men du, Herre, ¬ser og kjenner meg, du prøver mitt huglag ¬mot deg. Skil dei ut som slaktesauer, og vigsla dei til offerdagen! Kor lenge skal landet stura og alt som gror på marka, ¬turka bort? Fordi dei som bur i landet, ¬er vonde, skal både fugl og fe ¬gå til grunne. Folk seier: «Han ser ikkje korleis det går oss til slutt.» Når du vert trøytt av å springa saman med folk til fots, korleis kan du då kappspringa ¬med hestar? Og er du trygg ¬berre i fredeleg land, kva har du då å gjera i den fine Jordan-skogen? Brørne dine og farsætta di, jamvel dei er trulause mot deg; dei ropar etter deg av full hals. Du må ikkje eingong lita på dei når dei talar venleg til deg. Eg har gått frå huset mitt og gjeve opp arven min. Henne som eg elska, har eg gjeve i fiendevald. Mitt eige folk har vorte for meg som ei løve i tette skogen. Dei brøler mot meg; difor har eg uvilje mot dei. Er folket mitt ein spreklet fugl som rovfuglar ¬samlar seg ikring? Lat alle villdyr i marka samlast, før dei hit, så dei kan eta! Gjætarar i mengd ¬har herja min vingard og trakka ned mi odelsjord; dei har gjort mitt herlege land ¬til ei livlaus audn, til ei sturande øydemark; uhyggjeleg audt ¬ligg det framføre meg. Heile landet er lagt i øyde, og ingen bryr seg om det. Over alle dei snaue høgdene ¬i øydemarka kom herjande hopar. For Herren har eit sverd ¬som øyder frå eine enden av landet til hin, så ingen skapning finn fred. Dei sådde kveite ¬og haustar klunger, dei streva til inga nytte. Dei får berre skam av si avling fordi Herren ¬er brennande harm. Så seier Herren om alle dei vonde grannefolka som rører det landet eg har gjeve Israel, folket mitt, til odel og eige: Eg rykkjer dei opp or jorda deira, og Juda-ætta rykkjer eg opp midt imellom dei. Men sidan, etter at eg har rykt dei opp, vil eg atter miskunna meg over dei og føra dei heim att, kvar til sin odel og sitt land. Og lærer dei seg då å gjera som folket mitt, så dei sver ved mitt namn og seier: «Så sant Herren lever», liksom dei før lærte folket mitt å sverja ved Ba’al, då skal dei byggjast opp att midt imellom folket mitt. Men vil dei ikkje høyra, då rykkjer eg opp det folket, rykkjer det opp og gjer ende på det, lyder ordet frå Herren. Så sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!» Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet. Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde så: «Ta det beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ei bergskorte.» Eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, så som Herren hadde sagt meg. Lang tid etter hende det at Herren sa til meg: «Stå opp og gå til Eufrat og henta beltet som eg bad deg gøyma der.» Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå den staden der eg hadde gøymt det. Men då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Så seier Herren: Såleis vil eg gjera ende på det store hovmodet i Juda og Jerusalem. Det skal gå dette vonde folket som ikkje vil høyra på mine ord, men fylgjer sitt harde hjarta og held seg til andre gudar, som dei dyrkar og kastar seg ned for, så som det gjekk dette beltet, som ikkje duger til noko. For liksom beltet er godt fastbunde om hoftene til mannen, såleis har eg bunde heile Israels-ætta og Juda-ætta til meg, lyder ordet frå Herren, så dei skal vera mitt folk, til ære, pris og prydnad for meg; men dei ville ikkje høyra. Du skal tala dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Og når dei svarar deg: «Vi veit då godt at kvar krukke er til å fylla vin på», skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur her i landet, så dei vert drukne, både kongane som sit på Davids kongsstol og prestane, profetane og alt folket i Jerusalem. Eg vil knusa dei, den eine mot den andre, både fedrar og søner, lyder ordet frå Herren. Utan skånsel, medkjensle eller miskunn vil eg gjera ende på dei. Høyr og lyd etter, lat hovmodet fara! Det er Herren som talar. Gjev Herren dykkar Gud ære før han lèt det mørkna, før de snåvar og fell på fjella når det skymest. De vonar på ljos, men det skal verta stummande mørker ¬og svart natt. Men vil de ikkje høyra ¬på dette, må eg gråta i løynd over hovmodet dykkar, gråta så tårene renn frå auga fordi Herrens folk ¬vert ført i fangenskap. Sei til kongen og kongens mor: Set dykk lenger nede, for no er den staselege krona fallen av hovudet dykkar. Byane i Negev er stengde, det er ingen som opnar dei. Heile folket i Juda er bortført, bortført til siste mann. Lyft augo dykkar og sjå: Der kjem dei frå nord! Kvar er no den flokken du fekk, dei fine sauene dine? Kva vil du seia når dei du er van å ha til vener, vert sette til hovdingar ¬over deg? Då vil du vel gripast av rier som ei kvinne når ho skal føda. Kanskje seier du ¬med deg sjølv: «Kvifor skal dette henda meg?» Jau, på grunn av di store skuld vart ditt slep lyft opp og dine lemer utsette for vald. Kan ein neger skifta si hud eller ein leopard sine flekker? Då kan de òg gjera godt, de som er vane å gjera vondt. No vil eg spreia dei ¬lik halmstrå som fyk for vind ¬utor øydemarka. Det er din lut, din tiletla del, som du får frå meg, lyder ordet frå Herren, fordi du gløymde meg og sette di lit til lygn. Eg skal sjølv lyfta slepet opp over andletet på deg, så dei ser di skam, ditt ekteskapsbrot, ¬di vrinsking og din skamlause ulivnad. På haugane og ute på marka såg eg den styggedom ¬du dreiv med. Ve deg, Jerusalem, ¬som ikkje vert rein! Kor lenge skal dette vara? Dette er Herrens ord som kom til Jeremia den gongen turken herja: Juda syrgjer, ¬byane er bortvisna. Dei bøyer seg til jorda i sorg, klagerop stig opp ¬frå Jerusalem. Stormennene i byen sender sine tenarar etter vatn. Men når dei kjem til brunnane, finn dei ikkje vatn. Dei kjem att med tome spann, skjemde og vonbrotne ¬dekkjer dei hovudet. Jorda rivnar fordi det ikkje kjem regn ¬i landet, difor dekkjer bøndene ¬hovudet i skam. Jamvel hinda utpå marka går ifrå sin nyfødde kalv fordi det ikkje finst ¬eit grønt strå. På snaue høgder står villesel og syp etter anden ¬som sjakalar; augo deira er sløve og matte fordi det ikkje finst gras. Om våre misgjerningar ¬vitnar mot oss, så grip likevel inn ¬for ditt namn skuld, Herre! Gong på gong har vi falle frå og synda mot deg. Herre, du som er Israels von og frelsar i trengselstid, kvifor er du ¬som ein gjest i landet, lik ein ferdamann ¬som berre stoggar for ei natt? Kvifor er du ¬som ein rådvill mann, lik ein krigar ¬som ikkje kan hjelpa? Du er då midt imellom oss, ¬Herre, ditt namn er nemnt over oss. Så gå ikkje frå oss! Så seier Herren ¬om dette folket: Dei likar å flakka ikring og sparer ikkje føtene sine. Men Herren har ikkje ¬hugnad i dei. No vil han koma ¬deira misgjerning i hug og straffa dei for deira synder. Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå dette folket vel! Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. Nei, med sverd og svolt og pest vil eg gjera ende på dei. Då svara eg: Men, Herre Gud, profetane seier då til dei: «De skal ikkje få kjenna sverd og ikkje koma ut for svolt, for eg vil gje dykk sann fred og tryggleik på denne staden.» Men Herren sa til meg: Lygn spår desse profetane i mitt namn. Ikkje har eg sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Falske syner, gagnlause spådomar og svikefulle påfunn er det dei ber fram for dykk. Difor seier eg, Herren, om dei profetane som spår i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, og som seier at det ikkje skal koma sverd og svolt her i landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetane. Og folket som dei spår for, skal liggja slengt ikring på gatene i Jerusalem, tynt av svolt og sverd. Dei skal ikkje koma i grav, korkje dei sjølve eller konene, sønene og døtrene deira. Såleis renner eg deira eigen vondskap ut over dei. Dette ordet skal du tala til dei: Tårene renn frå augo mine natt og dag, utan opphald. For folket mitt, ¬den unge dotter, har falle heilt i hop og fått eit ulækjande sår. Går eg ut på marka, ser eg folk ¬som er drepne av sverd, og kjem eg inn i byen, ser eg dei som pinest av svolt. Jamvel profetar og prestar må fara til eit land ¬dei ikkje kjenner. Har du reint støytt Juda ¬frå deg, kjenner du berre motvilje ¬mot Sion? Kvifor har du elles slege oss så det ikkje finst helsebot ¬for oss? Vi har vona på fred og lukke, men det kjem ikkje noko godt; vi har venta ei tid ¬med lækjedom, men sjå, det er redsle som rår. Vi kjenner vår vondskap, ¬Herre, og misgjerninga åt våre fedrar, for vi har synda mot deg. For ditt namn skuld, ¬støyt oss ikkje bort, og lat ikkje vanære koma over din herlegdoms kongsstol. Kom i hug di pakt med oss ¬og bryt henne ikkje! Kan andre folks gagnlause ¬gudar senda regn, eller kan himmelen sjølv ¬gje væte? Er det ikkje du, Herre, ¬som gjer det? Vi ventar på deg, vår Gud, for du har skapt alt dette. Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara! Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren: Til døden med dei ¬som er etla til å døy, lat sverdet råka dei ¬som skal falla for sverd, og svolt dei ¬som skal svelta i hel, i fangenskap med dei ¬som skal takast til fange! På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda. Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem. Ja, kven tykkjer synd i deg, ¬Jerusalem, kven syner medkjensle ¬med deg? Kven tek av frå vegen og spør korleis det står til med deg? Du støytte meg frå deg, ¬lyder ordet frå Herren, og snudde ryggen til. Difor rette eg handa ut og ville gjera ende på deg; eg var trøytt av å ynkast. Med kasteskuffel ¬spreidde eg dei kringom i byane i landet. Barnlaust gjorde eg folket mitt og lét det gå til grunne, for det vende ikkje om ¬frå si vonde ferd. Det vart fleire enkjer hjå dei enn det er sandkorn ved havet. Eg sende mot dei ¬unge stridsmenn som herja midt på ljose dagen. Brått lét eg skakande redsle ¬koma over dei. Jamvel ho som var mor ¬til sju born, visna bort ¬og seig maktlaus om. Hennar sol gjekk ned ¬medan det endå var dag, ho vart til spott og skam. Dei som er att av folket, gjev eg over til sverdet for augo på deira fiendar, lyder ordet frå Herren. Ve meg, mor mi, ¬at du fødde meg, ein mann som alle her i landet ligg i strid og trette med. Eg skuldar ingen noko, og ingen står i gjeld til meg; endå forbannar dei meg alle. Sanneleg, sa Herren, ¬eg vil fria deg ut, så det kan gå deg godt. Eg lèt fienden naudbe deg når han kjem i naud ¬og trengsle. Kan ein bryta sund jern, jern frå Norden, og bronse? Din rikdom og dine skattar gjev eg til plyndring – ikkje for betaling, ¬men til straff for alt du har synda ¬i heile ditt land. Eg lèt deg træla ¬for dine fiendar i eit land du ikkje kjenner. For vreiden min logar ¬som eld, mot dykk er han kveikt. Du veit det, Herre. Kom meg i hug ¬og ta deg av meg! Lat meg få hemn ¬over dei som forfylgjer meg! Ver ikkje så langmodig mot dei at du riv meg bort. Sjå kor eg vert spotta ¬for di skuld! Eg fann dine ord og åt dei, dei var til hugnad for meg. Og det var ei glede ¬for mitt hjarta at ditt namn er nemnt ¬over meg, Herre, Allhærs Gud. Aldri sat eg og moroa meg i lag med skjemtande menner. Einsam sat eg, ¬gripen av di hand; for du fylte meg med harme. Kvifor er mi liding utan ende og såret mitt ulækjande? Det vil ikkje gro. Du har vorte for meg ¬som ein sviktande bekk, som vatn ein ikkje kan lita på. Då svara Herren: Dersom du vender om, vil eg la deg koma att og stå for mitt åsyn. Er det du talar, gjævt og godt og ikkje verdilause ord, så skal du vera som min munn. Då skal folket venda seg til deg, men du skal ikkje venda deg ¬til dei. Mot dette folket gjer eg deg til ein festningsmur av bronse. Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna. For eg er med deg, eg vil frelsa deg og fria deg ut, lyder ordet frå Herren. Eg vil berga deg ¬or hendene på dei vonde og fria deg ¬or nevane på valdsmenn. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Du skal ikkje ta deg kone og ikkje få søner og døtrer på denne staden. For så seier Herren om dei sønene og døtrene som vert fødde her, om mødrene som føder dei, og om fedrane som avlar dei her i landet: Dei skal døy ein pinefull død, og det skal ikkje haldast syrgjehøgtid eller gravferd for dei; dei skal verta til gjødsel på marka. Sverd og svolt skal tyna dei, og lika av dei skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka. Så seier Herren: Gå ikkje inn i syrgjehus, gå ikkje dit og klag, og syn ikkje medkjensle med dei! For eg har teke min fred frå dette folket, min truskap og mi miskunn, lyder ordet frå Herren. Når store og små døyr her i landet, skal dei ikkje koma i grav. Ingen skal halda syrgjehøgtid over dei, ingen skal rispa seg opp eller raka seg snau for deira skuld. Ingen skal bryta brød til trøyst for den som syrgjer over ein død, eller gje han eit trøystestaup når han har mist far sin eller mor si. Gå heller ikkje inn i eit hus der dei held gjestebod, for å sitja i lag med andre og eta og drikka. For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Enno medan de lever, ja, beint framfor augo dykkar, lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna på denne staden. Når du kunngjer alt dette for folket her, kan det henda at dei spør deg: «Kvifor har Herren sagt at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva for ei misgjerning og kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?» Då skal du svara dei: Fedrane dykkar gjekk bort frå meg, lyder ordet frå Herren. Dei heldt seg til andre gudar, som dei dyrka og kasta seg ned for. Men meg vende dei seg frå, og mi lov heldt dei ikkje. Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Alle fylgjer sitt vonde, harde hjarta og høyrer ikkje på meg. Difor vil eg kasta dykk bort frå dette landet til eit land som korkje de eller fedrane dykkar har kjent. Der skal de dyrka andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje visa dykk nåde. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt,» men: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane heim frå landet i nord og frå alle dei land han hadde drive dei bort til.» Eg vil føra dei heim att til deira eiga jord, som eg gav fedrane deira. Eg sender bod etter mange fiskarar, lyder ordet frå Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei bort frå kvart fjell og kvar haug og frå bergskortene. For eg held auga med dei på alle deira vegar. Dei kan ikkje gøyma seg for meg, og deira misgjerning er ikkje duld for mine augo. Fyrst vil eg la dei bøta dobbelt for deira synd og skuld, fordi dei har vanhelga landet mitt med dei livlause og avskyelege gudane sine og fylt mitt eige land med styggedomen sin. Herre, min styrke og mitt vern, mi livd i trengselstida! Til deg skal folkeslag koma frå endane av jorda og seia: «Berre lygn fekk fedrane våre ¬i arv, gagnlause gudar ¬som ikkje kan hjelpa. Kan menneske laga seg gudar? Dei er då ikkje gudar.» Sjå, difor lèt eg dei kjenna, ja, denne gongen ¬lèt eg dei kjenna mi makt og mitt velde, og dei skal sanna ¬at mitt namn er Herren. Judas synd er skriven ¬opp med jerngriffel og rita inn med diamantstift på deira hjartetavle ¬og på altarhorna. Sønene deira skal minnast altara og Asjera-pålane som dei hadde ¬under kvart grønt tre og på høge haugar, på bergtoppar ute i marka. Din rikdom og alle dine skattar gjev eg til plyndring, like eins dine offerhaugar til straff for synda ¬i heile ditt land. Av deg sjølv må du seia frå deg den arven eg gav deg. Eg lèt deg træla for ¬dine fiendar i eit land du ikkje kjenner. For vreiden min logar som eld, og han skal brenna for alltid. Så seier Herren: Forbanna er den mann som set si lit til menneske, som stør seg ¬til vesale skapningar og vender seg bort frå Herren. Han er lik ein busk ¬i øydemarka; han får ikkje sjå at lukka kjem, men held til ¬på dei turraste vidder, i eit saltlende, der ingen bur. Velsigna er den mann ¬som lit på Herren og set si von til han. Han er lik eit tre ¬som er planta attmed vatn og tøyer røtene bort åt ¬ein bekk. Det reddast ikkje ¬når heten kjem, men står der ¬med lauvet grønt. Det sturer ikkje i turketider og held ikkje opp ¬med å bera frukt. Hjarta er meir svikefullt ¬enn noko anna, det kan ikkje lækjast. Kven skjønar seg på det? Eg, Herren, er den som granskar hjarta ¬og prøver nyrer. Eg løner kvar og ein ¬etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar. Lik ei rapphøne ¬som ligg på egg ho ikkje sjølv har vorpe, er den som vinn rikdom ¬med urett. Midt i si levetid ¬må han gå frå han og står der til sist som ein narr. Ein herleg kongsstol, opphøgd frå den fyrste tid, er staden ¬der vår heilagdom står. Herre, du Israels von, alle som går bort frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg i landet, skal skrivast opp. For dei har gått bort ¬frå Herren, kjelda med levande vatn. Læk meg, Herre, ¬så vert eg lækt! Frels meg du, ¬så vert eg frelst! For du er min lovsong. Folk kjem og seier til meg: «Kvar vart det av Herrens ord? Lat det no koma!» Eg har ikkje nekta ¬å vera hyrding og fylgja etter deg, eg har ikkje ynskt ¬ulukkedagen hit. Du veit kva eg har forkynt, det ligg ope for deg. Ver ikkje til redsle for meg! Du er mi livd på ulukkedagen. Lat ikkje meg ¬verta til skammar, men dei som forfylgjer meg. Lat ikkje meg, men dei verta gripne av redsle! Lat ein ulukkedag ¬koma over dei, knus dei med eit dobbelt slag! Så sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Juda-kongane går inn og ut, og i alle dei andre portane i Jerusalem, og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, du Juda-folk og alle Jerusalems-buar, de som går inn gjennom desse portane. Så seier Herren: Akta dykk, så sant de har livet kjært, så de ikkje ber bører på sabbatsdagen og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei. Heller ikkje må de bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen eller gjera noko arbeid. De skal halda kviledagen heilag, så som eg baud fedrane dykkar. Dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til, men var stridlyndte; dei lydde ikkje og tok ikkje imot lærdom. Dersom de høyrer på meg, lyder ordet frå Herren, så de ikkje ber bører inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held kviledagen heilag og ikkje gjer noko arbeid då, skal kongar som sit på Davids kongsstol, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane, både dei og hovdingane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane. Og det skal alltid bu folk i denne byen. Då skal dei koma frå byane i Juda og bygdene kring Jerusalem, frå Benjamins-landet, Sjefela, fjell-landet og Negev og bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og ofra takkoffer i Herrens hus. Men vil de ikkje lyda meg og halda kviledagen heilag, men kjem med bører inn gjennom Jerusalems portar på sabbatsdagen, då set eg eld på portane. Han skal øyda borgene i Jerusalem og skal ikkje slokna. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt. Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det. Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei. Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.» Difor seier Herren: Spør mellom folkeslaga: Kven har høyrt noko slikt? Det er fæle ting møya Israel har gjort. Kan snøen på Libanon bråna bort på det høge fjellet? Eller kan det kalde vatnet frå framandt land turka ut? Men mitt folk har gløymt meg, dei brenner offer ¬for falske gudar. Dei snåvar på vegane sine, på dei eldgamle stigane, og slår inn på andre spor, der ingen veg er bygd. Såleis gjer dei landet sitt ¬til eit skræmsel og til ei evig spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og rista ¬på hovudet. Liksom austavinden ¬spreier eg dei for augo på fiendane deira. Eg viser dei ryggen ¬og ikkje andletet den dagen ulukka når dei. Dei sa: «Kom, lat oss tenkja ut vonde planar mot Jeremia! For det vantar ikkje rettleiing ¬hjå presten, råd hjå den vise ¬eller ord hjå profeten. Kom, lat oss fella han ¬med hans eigne ord og ikkje høyra på noko ¬av det han seier.» Herre, lyd på meg! Høyr kva mine motstandarar ¬seier! Skal ein løna godt med vondt? Dei har då grave ei grav ¬for meg. Men kom i hug ¬at eg stod for ditt åsyn, ville tala deira sak og venda din harme bort ¬frå dei. Gjev difor borna deira ¬over til svolten, lat sverdet ta seg av dei! Lat kvinnene verta barnlause ¬og enkjer, lat mennene råkast av døden og unggutane falla for sverd ¬i krigen. Lat det høyrast skrik ¬i husa deira når du brått lèt ein røvarflokk ¬koma over dei. Dei grov då ei grav ¬til å fanga meg og sette løynde snarer ¬for føtene mine. Men du, Herre, kjenner til at dei legg planar ¬om å drepa meg. Ta ikkje bort deira skuld, og stryk ikkje ut deira synd ¬for ditt åsyn, men lat dei falla og liggja der! Grip inn mot dei ¬på din vreidedag! Så sa Herren: Gå til krusmakaren og kjøp ei krukke! Ta så med deg nokre av dei eldste i folket og av prestane og gå ut i Hinnom-dalen, til inngangen til Krusbrot-porten! Der skal du forkynna dei orda eg talar til deg. Du skal seia: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over denne staden at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det, fordi dei gjekk bort frå meg og vanæra denne staden. Der brende dei offer for andre gudar, som korkje dei eller fedrane deira hadde kjent. Og Juda-kongane fylte denne staden med blod av skuldlause. Dei bygde offerhaugar for Ba’al og brende sønene sine i elden som brennoffer for Ba’al. Det har eg ikkje bode eller sagt dei; det har aldri vore i mine tankar. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnom-dalen, men Drapsdalen. På denne staden gjer eg Judas og Jerusalems planar til inkjes. Eg lèt dei falla for sverd beint framfor augo på fiendane deira, ved dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka. Eg gjer denne byen til skræmsle og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått. Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, og den eine skal eta kjøtet av den andre i den trengsle og naud som fiendane deira og dei som står dei etter livet, fører over dei. Sidan skal du knusa krukka framfor augo på dei menn som går med deg, og seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil knusa dette folket og denne byen liksom ein knuser eit leirkar, så det ikkje lèt seg bøta. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader. Såleis vil eg fara åt med denne staden og med dei som bur der, lyder ordet frå Herren; eg vil gjera denne byen lik Tofet. Og husa i Jerusalem og husa åt Juda-kongane skal verta ureine som Tofet, alle dei husa der dei oppå taka har brent offer for heile himmelhæren og rent ut drikkoffer for andre gudar. Då Jeremia kom att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å tala profetord, steig han fram i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No sender eg over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til, all den ulukka eg har truga med. For dei er stridlyndte og høyrer ikkje på mine ord. Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen, lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus. Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring». For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd. Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia. Og du, Pasjkur, og alle som bur i ditt hus, skal fara i fangenskap og koma til Babylonia. Der skal du døy, og der skal du finna di grav, både du og alle venene dine, som du har spått lygn for. Du lokka meg, Herre, ¬og eg lét meg lokka; du vart for sterk for meg ¬og vann. Eg er til låtteløye heile dagen, alle spottar meg. Så ofte eg talar, lyt eg skrika, «Vald og overfall!» lyt eg ropa. For Herrens ord har dagen lang vorte meg til spott og skam. Men når eg tenkte: «Eg vil gløyma han og ikkje lenger tala ¬i hans namn», då vart det som logande eld ¬i mitt hjarta, innestengd i mine bein. Eg streva for å halda det att, men greidde det ikkje. Ja, eg har høyrt mange ¬som kviskrar – det er noko som skræmer ¬på alle kantar: «Meld han! ¬Vi skal melda han!» Alle som eg hadde fred med, ventar på at eg skal falla: «Kanskje lèt han seg lokka, så vi kan få han i vår makt og hemna oss på han.» Men Herren er med meg ¬lik ei veldig kjempe. Difor skal dei snåva, dei som forfylgjer meg, og ikkje vinna over meg. Dei skal stå der med stor skam fordi dei ikkje ¬hadde lukka med seg – ei vanære som aldri ¬vert gløymd. Herre, Allhærs Gud, du som prøver den rettferdige, som ser både hjarta og nyrer, lat meg få sjå at du tek ¬hemn over dei, for eg har lagt mi sak i di hand. Syng for Herren, ¬lovpris Herren, for han bergar den fattige og friar han ¬frå ugjerningsmenn. Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, skal ikkje vera velsigna! Forbanna vere den mann som kom til far min ¬med gledebodet: «Du har fått ein gut,» og såleis gledde han storleg. Lat det gå den mannen ¬som det gjekk dei byane Herren øydela utan medynk! Lat han høyra skrik ¬om morgonen og hærrop midt på dagen, fordi han ikkje drap meg ¬i mors liv, så mor mi vart mi grav og alltid gjekk med barn. Kvifor kom eg ut or mors liv når eg berre skulle oppleva ¬møde og sorg og enda mine dagar i skam? Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren då kong Sidkia sende til han Pasjkur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Ma’aseja. Dei sa: «Spør Herren til råds for oss! For Nebukadnesar, kongen i Babylonia, strider imot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under, som han så ofte har gjort, så fienden fer sin veg.» Jeremia svara dei: De skal seia til Sidkia: Så seier Herren, Israels Gud: Når de strider utanfor muren mot babylonarkongen og kaldearane som kringset dykk, driv eg dykk attende, og dei krigsvåpna de brukar, samlar eg midt i denne byen. Sjølv vil eg strida mot dykk med utrett hand og sterk arm, i vreide, harme og stor uvilje. Eg vil slå i hel dei som bur her i byen, både folk og fe; i ein hard pest skal dei døy. Og sidan, lyder ordet frå Herren, gjev eg Juda-kongen Sidkia og mennene hans og folket – dei som er att her i byen etter pesten, sverdet og svolten – i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Med kvasse sverd skal dei hogga dei ned utan medkjensle, medynk eller miskunn. Og til dette folket skal du seia: Så seier Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden. Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som går ut og gjev seg over til kaldearane, som kringset dykk, skal koma frå det og berga livet. For eg vender augo mot denne byen og vil senda ulukke og ikkje lukke, lyder ordet frå Herren. Byen skal gjevast i hendene på babylonarkongen, og han skal setja eld på han. Om kongehuset i Juda. Høyr Herrens ord, ¬du Davids ætt! Så seier Herren: Døm rettferdig kvar morgon, fri den som er rana, ¬or valdsmannens hand. Elles skal harmen min ¬loga som eld og brenna ¬utan at nokon sløkkjer for alt det vonde de har gjort. No kjem eg mot deg, du by som tronar over dalen, du berg på sletta, lyder ordet frå Herren. De seier: «Kven kan koma ned mot oss og trengja inn i våre ¬bustader?» Men eg vil straffa dykk, det er frukta ¬av dykkar gjerningar, lyder ordet frå Herren. Eg set eld på skogen i byen, og han skal øyda alt ikring. Så sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus! Der skal du tala dette ordet: Høyr Herrens ord, du Juda-konge, som sit på Davids kongsstol, både du og mennene dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane. Så seier Herren: Gjer rett og rettferd! Fri den som er rana, or valdsmannens hand; ver ikkje harde med innflyttarar, farlause og enkjer, og bruk ikkje vald mot dei; renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden! Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og mennene deira og folket deira. Men vil de ikkje lyda desse orda, skal huset leggjast i røys; det sver eg ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren. For så seier Herren om kongehuset i Juda: Du var for meg som Gilead, som toppen av Libanon. Men eg gjer deg sanneleg ¬til ei øydemark, lik byar der ingen bur. Til krig imot deg ¬vigslar eg menn som herjar, ¬kvar med sitt våpen. Dei skal fella ¬dine gjævaste sedrar og kasta dei på elden. Når folk frå mange land fer framom byen, skal dei spørja kvarandre: «Kvifor har Herren fare såleis åt med denne store byen?» Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud og tilbad og dyrka andre gudar.» Gråt ikkje over den døde, ver ikkje med og syrg ¬over han! Gråt heller over han ¬som fór bort, for han skal ikkje koma att, han får aldri meir ¬sjå sitt fødeland. For så seier Herren om Juda-kongen Sjallum, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin: Han som fór bort ¬frå denne staden, skal aldri koma att. For han skal døy på den staden dei førte han bort til ¬som fange; og dette landet ¬skal han aldri meir få sjå. Ve han som byggjer sitt hus ¬med urett, sine høgsalar med urettferd, han som lèt sin landsmann ¬træla for inkje og ikkje gjev han ¬den løn han skal ha. Han seier: «Eg vil byggja eit romsleg hus med luftige salar ¬i øvste høgda.» Så høgg han ut vindaugo, kler huset med sedertre ¬og målar det raudt. Er det såleis du viser deg ¬som konge at du brikjer med sedertre? Far din òg hadde mat ¬og drikke, men samstundes gjorde han ¬rett og rettferd, og då gjekk det han vel. Han hjelpte armingar og fattigfolk til deira rett ¬– og det gjekk han vel. Er ikkje det å kjenna meg? lyder ordet frå Herren. Men du har ikkje syn og sans for anna enn eiga vinning. Du renner ut blodet ¬åt skuldlause, du fer med vald og ¬mishandling. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim, son til Josjia: Ingen skal syrgja over han ¬og seia: «Å ve, bror min! ¬Å ve, syster mi!» Dei skal ikkje klaga over han ¬og seia: «Å ve, herre! Å ve, majestet!» Han skal få gravferd ¬som eit esel; dei skal slepa han bort og slengja han frå seg langt utanfor Jerusalems portar. Stig opp på Libanon og rop, lat røysta di ljoma i Basan, skrik ut frå Abarim-fjella, for alle dine elskarar er knuste. Eg tala til deg då du var trygg, men du sa: ¬«Eg vil ikkje høyra.» Det var di vis frå din ungdom at du ikkje ville lyda meg. Stormen skal gjæta ¬alle dine hyrdingar, dine elskarar skal førast bort ¬som fangar. Då vert du til spott og skam for alt det vonde du har gjort. Du som held til på Libanon og har ditt reir i sedertrea, kor du skal stynja ¬når riene kjem over deg, når du vert gripen av angst ¬som ei fødande kvinne. Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Om Juda-kongen Konja, son til Jojakim, var ein seglring på mi høgre hand, ville eg riva han av. Eg gjev deg over til dei som står deg etter livet, og som du gruar for, til babylonarkongen Nebukadnesar og kaldearane. Både deg og mor di som fødde deg, kastar eg bort til eit anna land, der de ikkje er fødde, og der skal de døy. Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma attende til. Er då denne mannen Konja eit vanvørdt kjerald ¬som skal knusast, ein reiskap ¬som ingen bryr seg om? Kvifor er han og hans ætt ¬kasta langt av stad, slengde bort til eit land ¬dei ikkje kjenner? Land, land, land, ¬høyr Herrens ord! Så seier Herren: Skriv denne mannen opp ¬som barnlaus, ein mann som ikkje har hatt ¬hell i livet. Ingen av hans ætt ¬skal få den lukka å sitja på Davids kongsstol og atter råda over Juda. Ve dei hyrdingane som øydelegg og spreier den flokken eg har på beite, lyder ordet frå Herren. Difor seier Herren, Israels Gud, om hyrdingane som gjæter folket mitt: De har spreitt sauene mine og jaga dei bort og har ikkje teke dykk av dei. No skal eg ta meg av dykk og straffa dykk for det vonde de har gjort, lyder ordet frå Herren. Så vil eg samla det som er att av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til. Eg vil føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei auka og verta mange. Då vil eg setja nye hyrdingar til å gjæta dei, så dei ikkje lenger skal skjelva av redsle, og ingen av dei skal saknast, lyder ordet frå Herren. Sjå, dagar skal koma, ¬lyder ordet frå Herren, då eg lèt ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal vera konge ¬og styra med visdom og gjera rett og rettferd i landet. I hans dagar ¬skal Juda verta frelst og Israel bu trygt. Og dette er namnet han skal få: Herren, vår rettferd. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt», men: «Så sant Herren lever, han som førte etterkomarane av Israels ætt heim att frå landet i nord», og frå alle dei andre landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på si eiga jord. Om profetane. Mitt hjarta er knust i min barm, alle mine lemer skjelv. Eg er som ein drukken mann, ein som vinen har maktstole. Det kjem frå Herren, ¬frå hans heilage ord. Landet er fullt ¬av ekteskapsbrytarar og sturer fordi det er forbanna; beita i øydemarka turkar bort. Folk spring ¬etter det som vondt er, og har sin styrke i urett. Både prest og profet ¬er gudlause; jamvel i mitt eige hus har eg møtt deira vondskap, lyder ordet frå Herren. Difor skal vegen deira verta glatt og sleip for dei. Dei glid i mørkret og dett. For eg fører ulukke over dei det året eg krev dei ¬til rekneskap, lyder ordet frå Herren. Hjå profetane i Samaria såg eg usømelege ting. Dei tala profetord ved Ba’al og førte Israel, folket mitt, vilt. Hjå profetane i Jerusalem har eg sett gruelege ting. Dei bryt ekteskapet ¬og fer med lygn, dei stør og styrkjer ¬ugjerningsmenn, så ingen vender om ¬frå sin vondskap. For meg har dei alle ¬vorte som Sodoma, folket i byen er som Gomorra. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud, om desse profetane: Eg gjev dei malurt å eta og giftig vatn å drikka. For frå profetane i Jerusalem har gudløysa nått ut ¬over heile landet. Så seier Herren, Allhærs Gud: Høyr ikkje på det dei seier, profetane som spår for dykk! Dei berre narrar dykk. Frå deira eige hjarta og ikkje frå Herrens munn kjem dei syner dei ber fram. Til dei som vanvørder ¬Herrens ord, seier dei: ¬«Det skal gå dykk vel,» og til alle som fylgjer ¬sitt harde hjarta: «Inga ulukke ¬skal koma over dykk.» Kven har vore med ¬i Herrens råd, så han merka og høyrde ¬hans ord? Kven akta på hans ord ¬og lydde det? No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver, ein kvervelstorm fer av stad og kvervlar mot hovuda på ¬dei gudlause. Herrens vreide legg seg ikkje før han har sett i verk ¬og fullført det han hadde tenkt å gjera. Til sist, i dagar som kjem, skal de skjøna dette heilt. Eg har ikkje sendt profetane, og likevel spring dei av stad; eg har ikkje tala til dei, og likevel stig dei fram ¬som profetar. Men hadde dei vore med ¬i mitt råd, då hadde dei forkynt mine ord ¬for mitt folk og fått det til å venda om frå si vonde ferd ¬og sine vonde gjerningar. Er eg ein gud som berre er nær, ¬seier Herren, og ikkje ein gud langt borte? Kan nokon gøyma seg ¬på løynlege stader så eg ikkje ser han? ¬seier Herren. Fyller ikkje eg ¬både himmel og jord? lyder ordet frå Herren. Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei. Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva har halmen ¬sams med kornet? lyder ordet frå Herren. Mitt ord, ¬er ikkje det som ein eld, lik ei sleggje som knuser fjell? ¬seier Herren. Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid. Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren. Når dette folket eller ein profet eller prest spør deg kva for tunge domsord du ber fram frå Herren, skal du svara dei: «Det er de som er ei bør for meg, men eg vil kasta dykk av,» lyder ordet frå Herren. Om presten, profeten eller nokon av folket seier «Herrens domsord», då krev eg mannen og ætta hans til rekneskap. Nei, så skal de seia til kvarandre når de talar saman om dette: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?» Men «Herrens domsord» skal de aldri nemna meir. Når nokon seier det, vert ordet ei bør for han sjølv. For då rengjer de ordet frå den levande Gud, Herren, Allhærs Gud, som er vår Gud. Så skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?» Men brukar de ordlaget «Herrens domsord», då seier Herren: Fordi de brukar ordlaget «Herrens domsord», endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala såleis, sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar. Eg legg på dykk ei evig skam og ei evig vanære, som aldri skal gløymast. Dette synet lét Herren meg sjå: To korger med fiken var sette framfor Herrens tempel. Det var etter at Nebukadnesar, kongen i Babylonia, hadde teke Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og hovdingane i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei bort frå Jerusalem til Babylon. I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som tidlegfikenar. I den andre korga var det fikenar av ringaste slag, så ringe at dei ikkje kunne etast. Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei ringe er av ringaste slag og kan ikkje etast.» Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Så seier Herren, Israels Gud: Som ein ser på desse gode fikenane, såleis ser eg med velvilje på dei bortførte frå Juda, dei som eg sende frå denne staden til Kaldearlandet. Eg vender augo venleg mot dei og fører dei attende til dette landet. Eg vil byggja dei opp og ikkje riva ned, planta dei og ikkje rykkja opp. Eg vil gje dei eit hjarta så dei kan kjenna meg, og skjøna at eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, når dei vender om til meg av heile sitt hjarta. Men som ein gjer med ringe fikenar, så ringe at dei ikkje kan etast, seier Herren, såleis vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og hovdingane hans og resten av folket i Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt. Eg gjer dei til eit skræmebilete og ei ulukke for alle rike på jorda, til ei vanære og eit ordtak, eit spottord og ei forbanning på alle dei stader eg driv dei bort til. Eg sender mot dei sverd og svolt og pest, til dei vert reint utrudde frå den jord eg gav dei og fedrane deira. Dette er det ordet som kom til Jeremia om heile Juda-folket, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og det fyrste året Nebukadnesar var konge i Babylonia, og som profeten Jeremia bar fram for heile Juda-folket og alle Jerusalems-buane. Han sa: I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra. Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra. Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar. Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk. Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve. Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære. Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos. Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år. Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga. For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar. Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det! Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei. Då tok eg staupet or Herrens hand og lét alle folka han sende meg til, drikka av det: Jerusalem og byane i Juda, kongane og hovdingane der – dei skulle verta til audn og øydemark, til spott og forbanning, så som det er i dag; farao, kongen i Egypt, tenarane og hovdingane hans og heile folket hans, alle andre folk som hadde blanda seg med dei, alle kongane i Us, alle kongane i Filistarlandet og folket i Asjkalon, Gasa, Ekron og dei som er att i Asjdod; folket i Edom, Moab og Ammon, alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet; folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen; alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i øydemarka; alle kongane i Simri, Elam og Media; alle kongane i nord, både dei som er nær, og dei som er langt borte, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Sist skal kongen i Sjesjak drikka. Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir. Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de! For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Du skal tala alle desse profetorda til dei og seia: Herren skal torna frå det høge, la si røyst ljoma ¬frå sin heilage bustad. Han tornar over si beitemark, ropar lik folk ¬som trakkar druer, til alle som bur på jorda, og lyden når heilt ¬til heimsens ende. For Herren har sak med folka, alle som lever, ¬stemner han for retten. Dei gudlause gjev han over ¬til sverdet, lyder ordet frå Herren. Så seier Herren, Allhærs Gud: Ei ulukke skal spreia seg frå folk til folk. Med eit veldig uver ¬ber det laust frå ytste enden av jorda. Den dagen skal folk som Herren har drepe, liggja der frå den eine enden av jorda til den andre. Ingen held syrgjehøgtid over dei, ingen samlar og gravlegg dei. Til gjødsel på marka skal dei verta. Klag og skrik, de hyrdingar, velt dykk i støvet, de herrar over flokken! For tida er komen då de skal slaktast og spreiast; de skal falla ¬liksom utvalde kjerald. Hyrdingane finn ikkje livd, det er inga berging for dei som er herrar ¬over flokken. Høyr kor hyrdingane skrik, og leiarane i flokken klagar! For Herren herjar beita deira, fredelege beitemarker ¬ligg aude, av di Herren ¬er brennande vreid. Som ungløva har han gått ut ¬frå si gøymsle. No har Herren ¬i sin brennande vreide lagt landet i øyde ¬med sitt veldige sverd. Kort tid etter at Jojakim, son til Josjia, hadde vorte konge i Juda, kom dette ordet frå Herren: Så seier Herren: Stig fram i føregarden til Herrens hus og tal til folket frå alle Juda-byane, som kjem dit og tilbed! Ber fram alt det eg byd deg å tala til dei, og hald ikkje att eit einaste ord! Kanskje vil dei då høyra og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. Og så skal eg endra min plan og spara dei for den ulukka eg har tenkt å senda over dei fordi dei har bore seg så ille åt. Du skal seia til dei: Så seier Herren: Dersom de ikkje vil lyda meg og fylgja den lova eg har lagt fram for dykk, så de høyrer på tenarane mine, profetane, som eg sender dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra, då gjer eg med dette templet som med Sjilo, og denne byen gjer eg til ei forbanning for alle folkeslag på jorda. Prestane og profetane og alt folket høyrde på Jeremia då han heldt denne talen i Herrens hus. Og då han hadde bore fram alt det Herren hadde bode han å tala til heile folket, då greip dei han, prestane og profetane og alt folket, og sa: «Du skal døy! Kvifor har du spått i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal verta aud og folketom?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus. Då hovdingane i Juda fekk høyra om dette, gjekk dei frå kongsgarden opp til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye tempelporten. Prestane og profetane sa då til hovdingane og til alt folket: «Denne mannen er skuldig til døden; for han har spått mot byen vår, som de sjølve har høyrt.» Då sa Jeremia til alle hovdingane og til alt folket: «Herren har sendt meg til å spå mot dette huset og denne byen alt det som de har høyrt. No må de la dykkar åtferd og gjerningar betrast og lyda Herren dykkar Gud. Så vil Herren endra sin plan og spara dykk for den ulukka han har truga dykk med. Men eg, sjå eg er i dykkar hand. Gjer med meg som de tykkjer rett og godt. Men det skal de vita at om de drep meg, fører både de og byen og dei som bur der, skuld over dykk for ein skuldlaus manns død. For Herren har i sanning sendt meg til dykk så eg skulle tala alt dette medan de høyrer på.» Då sa hovdingane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen er ikkje skuldig til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.» Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla: «Mika frå Moresjet, som var profet på den tid Hiskia var konge i Juda, sa til heile Juda-folket: Så seier Herren, Allhærs Gud: Sion skal pløyast som ein åker, Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys og tempelberget ¬ein skogkledd ås. Men tok Juda-kongen Hiskia og heile Juda-folket og drap han for det? Nei, kongen hadde age for Herren og bad han om nåde. Då endra Herren sin plan og sparte dei for den ulukka han hadde truga dei med. Skal då vi føra så stor ei ulukke over oss sjølve?» Det var ein annan mann òg som tala profetord i Herrens namn, Uria Sjemajason frå Kirjat-Jearim. Han spådde mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia. Då kong Jojakim og alle krigarane og hovdingane hans høyrde det han sa, ville kongen drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt. Då sende Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan Akborsson og nokre andre saman med han. Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som lét han hogga ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til småkårsfolk. Men Ahikam Sjafansson heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen. Kort tid etter at Sidkia, son til Josjia, hadde vorte konge i Juda, kom dette ordet til Jeremia frå Herren: Så sa Herren til meg: Lag deg reip og åk, og legg dei over nakken din! Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyrus og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem, og bed dei seia til herrane sine: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så skal de seia til herrane dykkar: Det er eg som har skapt jorda og menneska og dyra som lever der, med mi store kraft og min strake arm. Eg kan gje det til den eg held for den rette. Og no gjev eg alle desse landa i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Jamvel villdyra på marka gjev eg han, så dei skal tena han. Alle folkeslag skal træla for han og son hans og soneson hans, til dess tida kjem for hans eige land, då mange folkeslag og store kongar skal gjera han til træl. Det folket og det riket som ikkje vil tena babylonarkongen Nebukadnesar og ikkje vil bøya nakken under hans åk, det folket straffar eg med sverd og svolt og pest, til eg får gjort ende på dei ved hans hand, lyder ordet frå Herren. De skal ikkje høyra på profetane dykkar eller på spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene, som seier til dykk: «De kjem ikkje til å træla for kongen i Babylonia.» Det er lygn det dei spår dykk; dei vil ha dykk ut or landet dykkar; og eg driv dykk bort og lèt dykk gå til grunne. Men det folket som bøyer nakken under babylonarkongens åk og tener han, det lèt eg vera i fred på si jord, så dei kan dyrka henne og bu der, lyder ordet frå Herren. Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva. Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia. Høyr ikkje på profetane som seier: «De kjem ikkje til å træla for babylonarkongen.» Det er lygn det dei spår dykk. For eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. Dei spår lygn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og la dykk gå til grunne saman med profetane som spådde for dykk. Til prestane og heile folket her sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei spår for dykk og seier: «Dei heilage kara frå Herrens hus skal no snart førast heim att frå Babylon.» For det er lygn det dei spår. Høyr ikkje på dei, men ten babylonarkongen, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen leggjast i røys? Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, at dei kara som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem, ikkje må koma til Babylon. For så seier Herren, Allhærs Gud, om søylene, bronsehavet, fotstykka og alt det andre som er att her i byen, og som babylonarkongen Nebukadnesar ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, som fange frå Jerusalem til Babylon, i lag med alle stormennene i Juda og Jerusalem, ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om dei kara som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem: Til Babylon skal dei førast, og der skal dei vera heilt til den dagen eg tek meg av dei, lyder ordet frå Herren. Då hentar eg dei og fører dei attende til denne staden. Same året, i den fyrste tida etter at Sidkia hadde vorte konge i Juda, i det fjerde året, i den femte månaden, tala Hananja Assursson, profeten frå Gibeon, til meg i Herrens hus, medan prestane og alt folket høyrde på. Han sa: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eg bryt sund babylonarkongens åk. Før to år er lidne, fører eg attende til denne staden alle dei kar frå Herrens hus som Nebukadnesar, kongen i Babylonia, tok med seg herifrå til Babylon. Og Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og alle dei bortførte frå Juda som kom til Babylonia, vil eg føra attende til denne staden, lyder ordet frå Herren; for eg bryt sund babylonarkongens åk. Då svara profeten Jeremia profeten Hananja, medan prestane og alt folket som stod i Herrens hus, høyrde på: «Ja, sanneleg, gjev Herren må gjera dette! Gjev Herren må setja i verk det du har spått og la tempelkara og alle dei bortførte koma attende til denne staden frå Babylonia. Men høyr no dette ordet som eg talar til deg og til alt folket. Dei profetane som steig fram før deg og meg, heilt frå gamle dagar, spådde krig og ulukke og pest for mektige land og store rike. Men når ein profet spår fred og lukke, og det går som han har sagt, då kan ein vita at han i sanning er send av Herren.» Då tok profeten Hananja åket av nakken på Jeremia og braut det sund. Og Hananja sa, medan alt folket høyrde på: «Så seier Herren: Såleis vil eg, før to år er lidne, bryta babylonarkongen Nebukadnesars åk og ta det av nakken på alle folka.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg. Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på Jeremia og brote det sund, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Gå og sei til Hananja: Så seier Herren: Eit treåk har du brote sund. Men eit jernåk skal du laga i staden. For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Eit jernåk legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, så dei skal tena Nebukadnesar, babylonarkongen, og træla under han. Jamvel villdyra på marka gjev eg over til han. Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! Herren har ikkje sendt deg. Og du har fått dette folket til å lita på lygn. Difor seier Herren: No sender eg deg, men bort frå jorda. Alt i år skal du døy, fordi du forkynte fråfall frå Herren.» Og profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden. Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia. Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane. Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå. De seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babylonia.» Så seier Herren om kongen som sit på Davids kongsstol, og om alt folket som bur i denne byen, frendane dykkar, som ikkje laut fara bort frå landet saman med dykk, ja, så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og pest og gjer dei lik sprokne fikenar, som er så ringe at dei ikkje kan etast. Eg forfylgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, til forbanning og skræmsle, spott og vanære mellom alle dei folk eg har drive dei bort til, fordi dei ikkje lydde mine ord, seier Herren. Endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra, lyder ordet frå Herren. Men høyr no Herrens ord, alle de bortførte, som eg sende frå Jerusalem til Babylonia! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om Akab Kolajason og om Sidkia Ma’asejason, som spår lygn for dykk i mitt namn: Eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, babylonarkongen, og han skal drepa dei for augo på dykk. Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei bortførte frå Juda som er i Babylonia, og seia: «Gjev Herren må gjera med deg som med Sidkia og Akab, som babylonarkongen steikte på bålet!» For dei gjorde eit skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konene åt landsmennene sine og tala falske ord i mitt namn; det hadde eg ikkje sett dei til. Eg veit det og kan vitna om det, lyder ordet frå Herren. Til Sjemaja frå Neklam skal du seia: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja Ma’asejason og til alle dei andre prestane: Herren har sett deg til prest etter Jojada, så du kan vera tilsynsmann i Herrens hus og sjå etter alle dei som er frå vitet og driv og spår; du skal setja dei i blokk og halsjern. Kvifor talar du då ikkje Jeremia frå Anatot til rettes, han som driv og profeterer for dykk? For han har sendt brev til oss i Babylonia og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!» Dette brevet las presten Sefanja opp for profeten Jeremia. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Send bod til alle dei bortførte og sei: Så seier Herren om Sjemaja frå Neklam: Sjemaja har drive og profetert for dykk, endå eg ikkje har sendt han, og han har fått dykk til å lita på lygn. Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Neklam og etterkomarane hans. Ingen av ætta hans skal få bu mellom israelittane og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt. For han har forkynt fråfall frå Herren, lyder ordet frå Herren. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ei bok alle dei orda eg har tala til deg! For dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vender lagnaden for folket mitt, Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan få det att. Dette er dei orda som Herren har tala om Israel og Juda: Så seier Herren: Vi høyrer eit rop av angst, det er redsle som rår, ¬og ingen fred. Berre spør deg føre og sjå om ein mann kan føda born! Kvifor ser eg då at alle menn held hendene på hoftene lik kvinner som skal føda, at kvart andlet ¬er omskift og bleikt? Ja, stor er den dagen, han har ikkje sin like. Det vert ei trengselstid ¬for Jakob, men han skal koma ¬vel igjennom. Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud, at eg bryt åket på nakken deira og slit lekkjene deira sund; dei skal ikkje træla ¬for framande lenger. Men dei skal tena ¬Herren sin Gud og David, kongen sin, som eg vil reisa opp ¬mellom dei. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, miss ikkje motet, Israel! lyder ordet frå Herren. For eg bergar deg ¬frå land langt borte, og di ætt frå landet ¬der ho er i fangenskap. Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt, og ingen skal skræma han. For eg er med deg, ¬seier Herren, og vil frelsa deg. Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslag som eg har spreitt ¬deg imellom; men deg gjer eg ikkje ende på. Eg tuktar deg med måte, men reint utan straff kan eg ikkje la deg vera. Så seier Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt. Ingen fører di sak. Det er ikkje lækjedom ¬for ditt verkjesår, skinnet vil ikkje gro på det. Alle dine elskarar ¬har gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. Som ein fiende har eg ¬slege deg, nådelaust har eg tukta deg; for skulda di var stor og syndene dine mange. Kvifor klagar du ¬over skaden din, over di liding ¬som ikkje kan lindrast? Fordi skulda di er stor og syndene dine mange, har eg gjort deg dette. Men alle som slukte deg, dei skal sjølve verta slukte, alle dine fiendar ¬må fara i fangenskap. Og dei som plyndra deg, skal sjølve verta plyndra; alle som rana deg, gjev eg til rov. Eg lèt såra dine gro og lækjer dei slag du har fått, ¬seier Herren, du som vart kalla ¬den bortstøytte, Sion, som ingen ¬spurde etter meir. Så seier Herren: Sjå, eg vil reisa opp att ¬Jakobs telt og miskunna meg ¬over hans bustader. Kvar by skal byggjast ¬på sin ruinhaug, kvar borg skal stå ¬på sin rette stad. Frå dei skal lovsongen stiga, og lyden av folk ¬som skjemtar og ler. Eg lèt dei auka i tal ¬og ikkje minka, eg gjev dei ære, ¬dei skal ikkje ¬vanvørdast. Jakobs søner skal vera så som dei var i gamal tid, deira lyd skal stå støtt ¬for mitt åsyn. Eg vil straffa alle som plaga dei. Deira hovding skal vera ¬ein av deira eigne, deira drott skal gå ut ¬frå dei sjølve. Eg lèt han koma ¬og stiga fram for meg. For kven vil elles våga livet og koma meg nær? ¬seier Herren. Og så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver, ein rykande storm fer av stad, han kjem i kvervlar ¬mot hovuda ¬på dei gudlause. Herrens brennande vreide ¬legg seg ikkje før han har sett i verk ¬og fullført det han hadde tenkt å gjera. Til sist, i dagar som kjem, skal de skjøna dette. På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk. Så seier Herren: Det folket ¬som slapp unna sverdet, har funne nåde i øydemarka. Israel skal fara av stad ¬og finna ro. Langt bortanfrå ¬synte Herren seg for dei: Med evig kjærleik ¬har eg elska deg, difor lèt eg mi miskunn ¬mot deg vara ved. Endå ein gong ¬skal eg byggja deg, ja, du skal byggjast, Israel, du unge møy. Endå ein gong ¬skal du pryda deg ¬med handtrommer og gå ut i dansen med ¬dei glade. Endå ein gong ¬skal du planta vinhagar på Samaria-fjella; og dei som plantar, ¬skal sjølve nyta frukta. Ja, det kjem ein dag då vaktmenn ropar ¬på Efraims-fjellet: Kom, lat oss fara opp til Sion, til Herren vår Gud! Så seier Herren: Gled deg storleg over Jakob, og rop av fagnad over han ¬som er hovding ¬mellom folka! Lat lovsongen ljoma og sei: «Herren har frelst sitt folk, dei som er att av Israel.» Eg fører dei heim att ¬frå landet i nord, eg samlar dei ¬frå utkantane av jorda. Blant dei er både blinde ¬og halte, ja, svangre ¬og fødande kvinner med; dei kjem attende ¬i store flokkar. Gråtande kjem dei, ¬med audmjuk bøn; eg leier og fører dei til rennande bekker, på jamn veg, ¬der dei ikkje snåvar. Eg er som ein far for Israel, Efraim er min fyrstefødde son. Høyr Herrens ord, ¬de folkeslag! Forkynn det på fjerne strender ¬og sei: Han som spreidde Israel, samlar og gjæter det som ein hyrding ¬gjæter sin flokk. For Herren har fria ut Jakob og løyst han ¬or overmanns hand. Dei kjem med jubelrop ¬til Sion-fjellet, dei strålar av glede ¬over Herrens gode gåver: korn og vin og olje, sauer og geiter og oksar. Sjølve skal dei vera ¬som ein vassrik hage og ikkje lenger lida naud. Då skal jentene dansa av glede og gamle menn gleda seg ¬med dei unge. Eg vender deira sorg til fryd, og trøystar og gleder ¬dei som syrgde. Eg lèt prestane få rikeleg ¬med feite retter og mettar mitt folk ¬med gode gåver, lyder ordet frå Herren. Så seier Herren: Høyr, det lyder klagerop ¬i Rama, det er einkvan ¬som græt så sårt. Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta, for dei er borte. Så seier Herren: Hald opp med å gråta, turka tårene frå augo dine! Du skal få løn for ditt strev, ¬seier Herren, dei skal koma heim att ¬frå fiendeland. Det er von for di framtid, ¬seier Herren, borna skal venda heim ¬til sitt land. Klårt har eg høyrt ¬korleis Efraim klagar: Du har tukta meg, ¬ja, eg vart tukta, lik ein kalv som ikkje er tamd. Vend du meg om, ¬så eg vender om! For du, Herre, er min Gud. Etter at eg har vendt meg bort, ¬angrar eg, og sidan eg har fått betre skjøn, slår eg meg for brystet. Skjemd og skamfull må eg bøta for min ungdoms ¬skamlause ferd. Er Efraim min kjære son, barnet eg har hugnad i? Kvar gong eg talar imot han, må eg tenkja på han ¬med velvilje. Difor bankar mitt hjarta ¬i medynk med han, eg må syna han miskunn, lyder ordet frå Herren. Reis vardar som viser veg, set opp merkesteinar for deg! Legg nøye merke til ¬den vegen du gjekk! Kom heim att, Israel, ¬du unge møy, kom heim att til byane dine! Kor lenge vil du snu deg ¬hit og dit, du fråfalne dotter? No vil Herren skapa noko nytt ¬i landet; då kan ei kvinne ¬verja ein mann. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei seia i Juda og i byane der, når eg vender lagnaden deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.» Folket i Juda og i alle byane skal bu saman der, både bønder og gjætarar som flakkar ikring. Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud. Då vakna eg og såg meg om. Svevnen hadde gjort meg godt. Sjå dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg både i Israel og Juda sår ut eit sæde av menneske og dyr. Og liksom eg vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, å bryta ned, øydeleggja og skada, så vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, lyder ordet frå Herren. På den tid skal dei ikkje lenger seia: Fedrane åt sure druer, og borna fekk ringe tenner. Men kvar skal døy ¬for si eiga synd. Den som et sure druer, skal sjølv få ringe tenner. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels ætt og Judas ætt, ei pakt som er annleis enn den eg gjorde ¬med fedrane deira, den gongen eg tok dei i handa og førte dei ut or Egypt, den pakta med meg ¬som dei braut, endå eg var deira rette herre, ¬seier Herren. Nei, såleis er den pakta ¬eg vil gjera med Israels-folket ¬i dagar som kjem, lyder ordet frå Herren: Eg vil leggja mi lov ¬i hugen deira og skriva henne i hjarta deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. Då skal ingen lenger læra sin neste og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren. For eg vil tilgje ¬deira misgjerning og aldri meir ¬koma deira synd i hug. Så seier Herren, han som sette sola til å lysa ¬om dagen og laga det så at månen og stjernene ¬lyser om natta, han som rører opp havet ¬så bylgjene brusar, – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn: Lèt eg denne skipnaden vika, lyder ordet frå Herren, skal Israels-ætta òg for alltid halda opp med å vera mitt folk. Så seier Herren: Kan himmelen der oppe ¬mælast, og grunnvollane under jorda ¬der nede granskast, då vil eg òg støyta frå meg ¬heile Israels ætt for alt dei har gjort, ¬seier Herren. Dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten. Derifrå skal mælesnora gå beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa. Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera vigde til Herren. Aldri meir skal byen rivast eller brytast ned. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande året Sidkia var konge i Juda; det var det attande styringsåret åt Nebukadnesar. Den gongen kringsette babylonarkongens hær Jerusalem, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden ved Juda-kongens slott. Der hadde Sidkia, Juda-kongen, sett han inn med desse orda: Kvifor driv du og spår: Så seier Herren: Eg gjev denne byen i hendene på babylonarkongen, og han skal ta han. Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast i hendene på babylonarkongen. Han skal tala med han andlet til andlet og auga til auga. Kongen skal føra Sidkia til Babylon, og der skal han vera til eg tek meg av han, seier Herren. Når de strider mot kaldearane, skal de ikkje ha lukka med dykk. Jeremia sa: Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Hanamel, son til Sjallum, farbror din, kjem til deg og seier: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot! For du har løysingsretten og kan kjøpa det.» Og som Herren hadde sagt, kom Hanamel, son til farbror min, til meg i vaktgarden og sa: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamins-landet! For du har odelsretten og løysingsretten. Du må kjøpa det.» Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren. Difor kjøpte eg jordstykket av Hanamel, son til farbror min, i Anatot og gav han pengane; det var sytten sekel sølv. Eg skreiv det i eit brev, forsegla det og fekk vitne til å stadfesta det, og så vog eg opp sølvet i skålvekt, alt i samsvar med lov og vedtekt. Sidan tok eg kjøpebrevet, både den delen som var forsegla, og den som var open, og gav det til Baruk, son til Neria Maksejason, for augo på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden. Medan dei var til stades, sa eg til Baruk: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Ta desse breva, både den delen av kjøpebrevet som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke, så dei kan halda seg lenge. For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vingardar her i landet. Då eg hadde gjeve kjøpebrevet til Baruk Neriason, bad eg til Gud og sa: Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg. Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud, stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar. Du gjorde teikn og under i Egypt og har gjort det til denne dag, både i Israel og hjå andre menneske. Du har skapt deg eit namn så som det er i dag. Du førte Israel, folket ditt, ut or Egypt med teikn og under, med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar og gav dei dette landet som du med eid hadde lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje høyra på deg og levde ikkje etter di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde bode dei å gjera. Difor lét du all denne ulukka koma over dei. Fiendane har bygt vollar heilt inn til byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven i hendene på kaldearane, som strider imot han. No er det kome, det du har varsla før. Du ser det sjølv. Men endå byen er i hendene på kaldearane, seier du til meg, Herre min Gud: «Kjøp deg dette jordstykket for pengar, og lat vitne stadfesta kjøpet!» Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Eg er Herren, all skapnings Gud. Skulle noko vera umogeleg for meg? Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, og han skal ta han. Kaldearane som strider mot byen, skal koma inn og setja eld på han; dei skal brenna alle husa der folk ofra på taka til Ba’al og rende ut drikkoffer for andre gudar og såleis gjorde meg harm. For heilt frå sin ungdom har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine augo. Ja, israelittane har ikkje gjort anna enn harma meg med bileta dei har laga, seier Herren. Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den tid dei bygde han og fram til denne dag. Eg vil ha han bort frå mitt åsyn; for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt og harma meg, både dei og kongane og hovdingane deira, prestane og profetane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og tok ikkje lærdom av det. Men dei sette opp sine avskyelege gudebilete i huset som ber mitt namn, og gjorde det såleis ureint. Dei bygde offerhaugar for Ba’al i Hinnom-dalen, der dei ville ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar at dei skulle fara med slik styggedom og såleis lokka Juda til synd. Men no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven i hendene på babylonarkongen ved sverd og svolt og pest: Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min vreide, harme og store uvilje, og fører dei heim att til denne staden og lèt dei bu trygt. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. Eg vil gje dei éin hug og læra dei éin veg, så dei alltid ottast meg, til gagn for dei sjølve og etterkomarane deira. Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera vel mot dei. Eg legg age for meg i hjarta deira, så dei aldri meir vik bort frå meg. Eg vil gleda meg over dei og gjera vel imot dei. Og trufast, av heile mitt hjarta og heile mi sjel, vil eg syta for at dei slår rot her i landet. For så seier Herren: Liksom eg har late alle desse store ulukkene koma over folket, såleis vil eg òg la dei oppleva alt det gode eg har lova dei. Folk skal atter kjøpa jord i dette landet, som de kallar ei audn, utan menneske og dyr, eit land gjeve i kaldearvald. Dei skal kjøpa jordstykke for pengar, skriva kjøpebrev og forsegla dei og få vitne til å stadfesta kjøpet. Såleis skal det vera i Benjamins-landet, i området rundt Jerusalem og i byane i Juda, i fjell-landet, Sjefela og Negev. For eg vender lagnaden deira, lyder ordet frå Herren. Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han sat fengsla i vaktgarden, og det lydde så: Så seier Herren, han som skapte og forma jorda og gjorde henne fast, – Herren er hans namn: Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til. For så seier Herren, Israels Gud, om husa her i byen og om Juda-kongens gardar, som vart rivne ned for å brukast til vollar og vern då folket kom i strid med kaldearane og byen vart fylt med lik av menneske: Eg har slege dei ned i min vreide og harme og vendt meg bort frå denne byen, fordi dei har gjort så mykje vondt. Sjå, eg vil la såra gro, lækja og heila dei, og så vil eg syna dei ein rikdom av varig fred og lukke. Eg vil venda lagnaden for Juda og Israel og byggja dei som i den fyrste tid. Eg vil reinsa dei for all skuld dei førte over seg då dei synda mot meg, og tilgje dei alle misgjerningane dei gjorde mot meg då dei svikta meg. Og byen skal få eit namn som vert til glede for meg, til pris og ære mellom alle folkeslag på jorda, når dei høyrer om alt det gode eg gjer for dei. Då skal dei skjelva i undring over all den lukke og fred eg gjev dei. Så seier Herren: De seier at dette er ein øydestad, utan menneske og dyr. Men her, i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, som er så aude at ingen held til der, korkje folk eller fe, der skal det endå ein gong lyda fagnadrop og glederop, røyst av brudgom og røyst av brur, rop av folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Pris Herren, Allhærs Gud, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet, så det vert som i den fyrste tid, seier Herren. Så seier Herren, Allhærs Gud: På denne staden som no ligg aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring, skal det atter vera beite, der gjætarar lèt sauene roa seg. I alle byane, både i fjell-landet, Sjefela og Negev, i Benjamins-landet og området rundt Jerusalem og i Juda-byane skal saueflokkar endå ein gong gå fram under handa åt han som tel dei, seier Herren. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda. I dei dagar, når den tid kjem, lèt eg ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal gjera rett og rettferd i landet. I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette er namnet byen skal få: «Herren, vår rettferd». For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol. Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer. Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, så dag og natt ikkje kjem i rett tid, då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan sitja på kongsstolen hans, og like eins pakta med levittprestane som gjer teneste for meg. Etterkomarane etter David, tenaren min, og etter levittane, som tener meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan mælast. Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: Har du ikkje lagt merke til kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Såleis vanærar dei folket mitt, fordi dei ikkje lenger held det for å vera eit folk. Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve lover for himmel og jord, vil eg støyta frå meg ætta åt Jakob og åt David, tenaren min, og ikkje ta nokon av etterkomarane hans til å råda over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då Nebukadnesar, babylonarkongen, og heile hæren hans, saman med alle rike på jorda som stod under hans herredøme, og alle folkeslaga stridde mot Jerusalem og alle byane der ikring: Så seier Herren, Israels Gud: Gå og tal til Sidkia, Juda-kongen, og sei til han: Så seier Herren: No gjev eg denne byen i babylonarkongens vald, og han skal brenna han opp. Du skal ikkje sleppa ut or hans hand, men verta gripen og gjeven til han. Du skal sjå babylonarkongen i augo og tala auga til auga med han, og til Babylon skal du koma. Men høyr Herrens ord, Sidkia, Juda-konge! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje falla for sverd, men døy i fred. Og liksom dei kveikte eld til ære for fedrane dine, som var kongar før deg, skal dei kveikja eld til ære for deg òg. Dei skal halda syrgjehøgtid over deg og ropa: «Å ve, herre!» Dette er mine ord, seier Herren. Alt dette tala profeten Jeremia til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem, medan babylonarkongens hær stridde mot Jerusalem og dei andre byane som var att i Juda: Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ein avtale med alt folket i Jerusalem om å lysa ut frigjeving av trælar. Kvar og ein som hadde ein træl eller ei trælkvinne av hebrearætt, skulle gje dei fri; ingen skulle halda sin judeiske landsmann i trældom. Alle hovdingane og kvar mann av folket som var med på avtalen, heldt han og gav trælen sin eller trælkvinna si fri, så dei slapp å tena dei lenger. Dei lydde og lét dei gå. Men sidan snudde dei om; dei tok tilbake trælane og trælkvinnene som dei hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, or trælehuset. Då sa eg: «Når sju år er lidne, skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har mått selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du gje han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyra til. De vende nyleg om og gjorde det som rett er i mine augo, då de kunngjorde at kvar og ein skulle frigje den landsmannen han heldt i trældom; de gjorde ein avtale om det for mitt åsyn, i det huset som ber mitt namn. Men så snudde de om og vanæra mitt namn då de tok tilbake trælane og trælkvinnene som de hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att. Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og lysa ut frigjeving for frende og landsmann, lyser eg ut frigjeving for dykk, seier Herren. De skal gjevast over til sverd og pest og svolt, og eg vil gjera dykk til eit skræmebilete for alle rike på jorda. Dei mennene som braut pakta med meg og ikkje oppfylte vilkåra for den avtalen dei gjorde for mitt åsyn, med dei gjer eg som med den kalven dei skar i to, så dei kunne gå mellom stykka. Hovdingane i Juda og Jerusalem, hoffmennene og prestane og alt folket i landet som gjekk mellom stykka av kalven, gjev eg i hendene på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Lika deira skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka. Juda-kongen Sidkia og hovdingane hans gjev eg i hendene på fiendane deira, folk som står dei etter livet. Eg gjev dei over til babylonarkongens hær, som no er faren bort frå dykk. Sjå, eg gjev mitt påbod, lyder ordet frå Herren, og fører dei attende til denne byen. Dei skal strida imot han, ta han og brenna han opp. Og byane i Juda gjer eg til ei audn, der ingen kan bu. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren på den tid Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda. Det lydde så: Gå til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til Herrens hus, til eit av roma der, og gjev dei vin å drikka! Då tok eg med meg Ja’asanja, son til Jeremia Habasinjason, brørne hans og alle sønene hans og alle dei andre rekabittane. Eg førte dei inn i Herrens hus, i romet til læresveinane åt gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed hovdingromet, ovanfor romet åt dørvaktaren Ma’aseja, son til Sjallum. Så sette eg fram for rekabittane krukker, fulle av vin, og staup og bad dei drikka av vinen. Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab Rekabsson, gav oss ikkje lov til det. Han sa: «De skal ikkje drikka vin, korkje de eller borna dykkar. De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vingardar. I telt skal de bu all dykkar tid, så de kan få leva lenge i det landet der de er innflyttarar.» Sidan har vi vore lydige mot far vår, Jonadab Rekabsson, i alt det han baud oss å gjera. I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre. Vi byggjer ikkje hus til å bu i og har korkje vingardar, jorder eller såkorn, men bur i telt. Vi er lydige og gjer alt det far vår, Jonadab, baud oss. Men då Nebukadnesar, babylonarkongen, drog fram mot landet, sa vi: «Kom, lat oss fara til Jerusalem, så vi kan sleppa unna kaldearhæren og aramearhæren.» Difor bur vi no i Jerusalem. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gå og sei til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren. Jonadab Rekabsson gav læresveinane sine det bodet at dei ikkje skulle drikka vin, og det har dei halde. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Eg derimot har tala til dykk både seint og tidleg, men de ville ikkje høyra på meg. Gong på gong sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane, og sa: «Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd, og lat gjerningane dykkar betrast! Hald dykk ikkje til andre gudar og dyrk dei ikkje! Så skal de få bu i det landet eg gav dykk og fedrane dykkar.» Men de vende ikkje øyra til og ville ikkje høyra på meg. Ja, læresveinane åt Jonadab Rekabsson har nok halde det bodet som far deira gav dei, men dette folket ville ikkje høyra på meg. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Sjå, eg vil føra over Juda og Jerusalems-buane all den ulukka som eg har truga dei med. For dei høyrde ikkje då eg tala til dei, og svara ikkje då eg ropa til dei. Men til rekabittane sa Jeremia: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De lydde bodet frå Jonadab, far dykkar, ja, heldt alle påboda hans og gjorde alt det han baud dykk, og difor, seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, skal Jonadab Rekabsson aldri vanta menn som står i mi teneste. I det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, kom dette ordet til Jeremia frå Herren: Ta ein bokrull og skriv i han alle dei orda eg har tala til deg om Israel og Juda og alle dei andre folka, frå den fyrste gongen eg tala til deg, då Josjia var konge, og fram til denne dag. Kanskje all den ulukka eg har tenkt å føra over dei, får folket i Juda til å høyra, så dei alle vender om frå si vonde ferd; då vil eg tilgje dei deira synd og skuld. Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han. Så sa Jeremia til Baruk: Eg er hindra, eg kan ikkje gå til Herrens hus. Men gå du! Og på ein fastedag skal du lesa Herrens ord for folket i templet, or den boka der du har skrive det eg dikterte. Du skal òg lesa det for alle dei som kjem inn frå byane i Juda. Kanskje dei då vil be audmjukt til Herren og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. For Herren har truga dette folket med å visa stor vreide og harme. Baruk Neriason gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han gjekk til templet og las Herrens ord or boka. I det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, lyste dei ut faste for Herren. Alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda, skulle fasta. Då las Baruk opp or boka det som Jeremia hadde tala, medan alt folket høyrde på. Det gjorde han i Herrens hus, i romet åt statsskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye tempelporten. Då Mika, son til Gemarja Sjafansson, høyrde alle Herrens ord som vart opplesne or boka, gjekk han ned i kongsgarden, til romet åt statsskrivaren. Der sat alle stormennene samla: statsskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja, og alle dei andre stormennene. Mika fortalde dei alt det han hadde høyrt då Baruk las opp or boka for folket. Då sende alle stormennene ein mann med bod til Baruk; det var Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja Kusjison. Han skulle seia: «Ta med deg den bokrullen som du las or for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok bokrullen med seg og gjekk til dei. Dei sa då til han: «Set deg ned og les for oss!» Og Baruk las for dei. Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa: «Vi må seia frå til kongen om dette.» Til Baruk sa dei: «Fortel oss korleis du kom til å skriva opp alt dette. Var det han som dikterte?» Baruk svara: «Jeremia dikterte alle desse orda, og eg skreiv dei opp i bokrullen med blekk.» Då sa stormennene til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia, og lat ingen få vita kvar de er!» Så gøymde dei bokrullen i romet åt statsskrivaren Elisjama og gjekk inn i slottsgarden til kongen. Og dei fortalde han alt saman. Då sende kongen Jehudi av stad etter bokrullen. Jehudi tok han frå romet åt statsskrivaren Elisjama og las han opp for kongen, medan alle stormennene stod ikring og høyrde på. Kongen heldt til i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framføre han. Kvar gong Jehudi hadde lese tre-fire spalter, tok kongen og skar dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet. Det heldt han fram med til heile bokrullen var oppbrend. Men korkje kongen eller nokon av mennene hans som høyrde desse orda, vart så redde at dei reiv sund kleda sine. Elnatan, Delaja og Gemarja naudbad kongen at han ikkje måtte brenna bokrullen, men han høyrde ikkje på dei. Sidan baud kongen Jerakme’el, kongssonen, Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abde’el, at dei skulle gripa skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men då hadde Herren løynt dei. Etter at kongen hadde brent bokrullen med dei orda Baruk skreiv opp etter Jeremias diktat, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Ta no ein annan bokrull og skriv i han dei same orda som stod i den førre rullen, den som Juda-kongen Jojakim brende. Til Jojakim, kongen i Juda, skal du seia: Så seier Herren: Du brende denne bokrullen og spurde: «Kvifor skreiv du i rullen at babylonarkongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut både folk og fe?» Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim: Han skal ikkje ha nokon etterkomar som får sitja på Davids kongsstol. Liket hans skal slengjast bort og liggja i heten om dagen og kulden om natta. Eg vil krevja han og ætta hans og mennene hans til rekneskap for det vonde dei har gjort. Eg sender over dei og over Jerusalems-buane og Juda-mennene all den ulukka som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om. Så tok Jeremia ein annan bokrull og gav han til skrivaren Baruk Neriason. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp alt det som hadde stått i den rullen Jojakim, Juda-kongen, brende, og dessutan mange andre ord av same slaget. Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Nebukadnesar, babylonarkongen, gjorde han til konge i Juda. Korkje Sidkia eller mennene hans eller folket i landet ville høyra på dei orda som Herren tala gjennom profeten Jeremia. Likevel sende kongen Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Ma’aseja, til profeten Jeremia. Dei skulle seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!» På den tid gjekk Jeremia fritt ikring mellom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel. No hadde faraos hær fare ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og tok ut frå byen. Då kom Herrens ord til profeten Jeremia, og det lydde så: Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Faraos hær, som har drege ut for å hjelpa dykk, kjem til å venda attende til landet sitt, til Egypt. Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han. Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane fer visseleg bort frå oss.» For det gjer dei ikkje. Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og dei berre hadde att nokre menn som var hardt såra, skulle dei alle reisa seg frå telta sine og brenna byen. Då kaldearhæren hadde teke ut frå Jerusalem av otte for faraos hær, gjekk Jeremia ut or byen. Han skulle til Benjamins-landet og skifta ein arv med folket sitt der. Men då han kom til Benjamins-porten, møtte han ein høgare vaktmann som heitte Jeria og var son til Sjelemja Hananjason. Han tok tak i profeten Jeremia og sa: «Du vil gå over til kaldearane!» «Det er lygn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til stormennene. Dei vart harme på Jeremia, slo han og sette han fast i huset åt statsskrivaren Jonatan; for det hadde dei gjort om til fengsel. Såleis kom Jeremia i fangeholet under kjellarkvelven, og der vart han sitjande i mange dagar. Men så sende kong Sidkia bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Har det kome noko ord frå Herren?» «Ja,» svara Jeremia og heldt fram: «Du skal gjevast i hendene på babylonarkongen.» Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva vondt har eg gjort mot deg og mennene dine og dette folket, sidan de har sett meg i fengsel? Og kvar er no profetane dykkar, som spådde at babylonarkongen ikkje ville koma og strida mot dykk og dette landet? Høyr no, herre konge! Lat mi audmjuke bøn koma fram for deg! Send meg ikkje attende til huset åt statsskrivaren Jonatan, og lat meg ikkje døy der!» Då sa kong Sidkia frå at dei skulle halda Jeremia i varetekt i vaktgarden. Der fekk han kvar dag brød frå Bakargata, til det var slutt på brødet i byen. Og Jeremia vart sitjande i vaktgarden. Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjkur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjkur, son til Malkia, høyrde dei orda som Jeremia tala til alt folket: Så seier Herren: Den som vert verande her i byen, skal døy for sverd, av svolt og i pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få livet til hærfang og leva vidare. Så seier Herren: Denne byen skal koma i hendene på babylonarkongens hær, som skal ta han. Då sa stormennene til kongen: «Denne mannen må døy; for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar såleis til dei. For han vil ikkje det som gagnar dette folket, men det som skader.» Kong Sidkia svara: «De får gjera med han som de vil. For kongen har inga makt over dykk.» Då tok dei Jeremia og kasta han i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden. Dei firte han ned med tog. Det var ikkje vatn i brunnen, men gjørme, som han sokk ned i. Ebed-Melek frå Nubia, ein hoffmann som tente i kongsgarden, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brunnen. Kongen sat då attmed Benjamins-porten. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen: «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brunnen, og der kjem han til å døy av svolt; for det finst ikkje meir brød i byen.» Då sa kongen til nubiaren Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå, og dra profeten Jeremia opp or brunnen før han døyr.» Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn i kongsgarden, til romet under skattkammeret. Der henta han nokre filler av utslitne og sundrivne klede og firte dei ned i brunnen til Jeremia med tog. Så sa han: «Ta no desse fillene kring toga og legg dei under armane.» Jeremia gjorde det, og så drog dei han opp med toga og fekk han ut or brunnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden. Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og tok imot han ved den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til han: «Eg har eit spørsmål til deg. No må du ikkje løyna noko for meg.» Jeremia svara: «Talar eg rett ut, vil du vel drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.» Då sa kong Sidkia i løynd til Jeremia og svor: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss livet: Eg vil ikkje drepa deg og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.» Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til babylonarkongens hovdingar, skal du berga livet, og byen skal ikkje brennast. Både du og ditt hus skal få leva. Men gjev du deg ikkje over til hovdingane, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa frå dei.» Kongen sa då til Jeremia: «Eg er redd for at dei judearane som har gått over til kaldearane, skal gje meg over til dei, og at dei skal fara stygt åt med meg.» Jeremia svara: «Det skal ikkje henda. Lyd berre Herrens ord som eg forkynner deg, så skal det gå deg vel, og du skal få leva. Men nektar du å gje deg over, så høyr kva Herren har synt meg: Alle kvinnene som var att i Juda-kongens slott, vart førte ut til hovdingane åt babylonarkongen, medan dei song: Dine beste vener lokka deg og fekk deg i si makt. Då føtene dine sokk ¬ned i gjørma, drog venene seg unna. Alle konene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men babylonarkongen skal ta deg til fange, og byen skal brennast.» Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen; elles skal du døy. Når stormennene får høyra at eg har tala med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen, og kva kongen sa til deg. Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg! Men då skal du svara dei: Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongen. Eg bad om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus, så eg skulle døy der.» Då alle stormennene kom til Jeremia og spurde han ut, svara han dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred; for saka hadde ikkje vorte kjend. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken. I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem med heile hæren sin og kringsette byen. I det ellevte året åt Sidkia, den niande dagen i den fjerde månaden, braut dei inn i byen. Og då Jerusalem var teken, kom alle hovdingane åt babylonarkongen og tok sete i Midtporten: hærføraren Nergal-Sareser, fyrste over Sin-Magir, hoffsjefen Nebusarsekim og alle dei andre leiande mennene hjå babylonarkongen. Då Sidkia, Juda-kongen, og alle stridsmennene hans fekk auga på dei, rømde dei. Dei tok ut frå byen om natta og la vegen gjennom kongshagen, ut porten mellom dei to murane, og fór bortover mot Jordan-dalen. Men kaldearhæren sette etter dei og nådde Sidkia att på moane ved Jeriko. Dei tok han til fange og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen Nebukadnesar, som felte domen over han. Babylonarkongen drap sønene til Sidkia der, medan faren såg på. Sameleis drap han alle stormennene i Juda. Så lét han Sidkia blinda og batt han med bronselekkjer; han skulle førast til Babylon. Kaldearane brende både kongsgarden og dei andre husa, og murane kring Jerusalem reiv dei ned. Nebusaradan, hovdingen over livvakta, tok dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket og førte dei bort til Babylonia. Berre ein del småkårsfolk, som ingenting åtte, lét han vera att i Juda, og samstundes gav han dei vingardar og åkrar. Om Jeremia gav babylonarkongen Nebukadnesar dette påbodet til Nebusaradan, hovdingen over livvakta: «Ta han og ha tilsyn med han, men gjer han ikkje noko vondt. Berre det han sjølv bed om, skal du gjera med han.» Livvakthovdingen Nebusaradan, hoffsjefen Nebusjasban, hærføraren Nergal-Sareser og alle babylonarkongens offiserar sende bod om at Jeremia skulle takast ut or vaktgarden. Dei gav han over til Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, som skulle ta han heim til seg. Og så vart han buande mellom folket der. Medan Jeremia sat fengsla i vaktgarden, kom Herrens ord til han, og det lydde så: Gå og sei til nubiaren Ebed-Melek: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Det eg har varsla, lèt eg no koma over denne byen, til ulukke og ikkje til gagn. Det skal henda beint framfor augo på deg den dagen. Men då vil eg berga deg, lyder ordet frå Herren. Du skal ikkje koma i hendene på dei mennene som du gruar for. Eg lèt deg sleppa unna. Du skal ikkje falla for sverd, men få livet til hærfang, fordi du sette di lit til meg, lyder ordet frå Herren. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sleppt han fri i Rama. Han hadde henta han medan han var bunden med lekkjer mellom alle fangane frå Jerusalem og Juda som skulle førast bort til Babylonia. Då livvakthovdingen henta Jeremia, sa han til han: «Herren din Gud har varsla den ulukka som kom over denne staden. Og Herren gjorde som han hadde sagt. Han sende ulukka, fordi de synda mot Herren og ikkje ville høyra på han. Difor har dette hendt dykk. I dag løyser eg lekkjene som hendene dine er bundne med. Vil du, kan du vera med meg til Babylon, og der skal eg ha tilsyn med deg. Men er du ikkje huga på å vera med, kan du la vera. Sjå, heile landet ligg ope for deg, og du kan gå der du synest det er best.» Då Jeremia ikkje svara, heldt Nebusaradan fram: «Så vend tilbake til Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, som babylonarkongen har sett til styresmann over byane i Juda. Du kan bu hjå han mellom folket der eller gå der du helst vil.» Så gav livvakthovdingen han niste og gåver og lét han gå. Jeremia fór til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa og vart buande hjå han, mellom dei som var att i landet. Alle hærførarane som var spreidde kringom i landet, og mennene deira fekk høyra at babylonarkongen hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra i landet; han hadde sett han over menn, kvinner og born og over den delen av småkårsfolket i landet som ikkje var bortført til Babylonia. Hærførarane kom då med mennene sine til Gedalja i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, sønene til Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ma’akatitten. Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane! Ver i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel. Eg vert buande i Mispa, så eg kan stå til ansvar for kaldearane når dei kjem til oss. Men de skal hausta vindruer, frukt og oliven og samla det i kjerald, og de kan bu i dei byane de har teke.» Alle judearane som var i Moab, Ammon og Edom, og dei som var i alle andre land, fekk òg høyra at babylonarkongen hadde late ein rest vera att i Juda, og at han hadde sett Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til styresmann over dei. Alle desse judearane tok då ut frå dei stadene dei var drivne bort til, og fór heim att til Juda. Dei kom til Gedalja i Mispa, og dei hausta inn vindruer og frukt i store mengder. Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane kringom i landet, kom til Gedalja i Mispa og sa til han: «Veit du at ammonittkongen Ba’alis har sendt Ismael, son til Netanja, for å drepa deg?» Men Gedalja, son til Ahikam, trudde dei ikkje. Då sa Johanan, son til Kareah, i løynd til Gedalja i Mispa: «Lat meg gå og drepa Ismael, son til Netanja, utan at nokon får vita det. Kvifor skal han ta livet av deg, så alle judearane som har samla seg om deg, vert spreidde, og det som er att av Juda, går til grunne?» Men Gedalja, son til Ahikam, sa til Johanan, son til Kareah: «Gjer ikkje det, for det er lygn, det du seier om Ismael.» Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, med ti mann til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa. Ismael høyrde kongsætta til og var ein av kongens offiserar. Medan dei sat der og åt saman, fór Ismael, son til Netanja, opp saman med dei ti mennene som var med han, og hogg Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, ned med sverd. Dei drap han som babylonarkongen hadde sett til å styra landet, alle judearane som var hjå Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der, alle krigarane. Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det, kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka av seg skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp i huda. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus. Då gjekk Ismael, son til Netanja, imot dei frå Mispa. Han kom gråtande bortetter vegen, og då han møtte dei, sa han til dei: «Kom og ver med til Gedalja, son til Ahikam!» Då dei var komne inn i byen, tok Ismael, son til Netanja, og dei mennene han hadde med seg, og slo dei i hel og kasta dei i ein brunn. Men mellom dei var det ti menn som sa til Ismael: «Ikkje drep oss! Vi har mat gøymd ute på marka: kveite, bygg, olje og honning.» Då lét han dei vera og drap dei ikkje saman med dei andre. Den brunnen som Ismael kasta lika av alle dei drepne i, var den store cisterna som kong Asa hadde laga då han låg i strid med Basja, kongen i Israel. Den fylte Ismael, son til Netanja, med drepne. Sidan førte Ismael, son til Netanja, resten av folket i Mispa i fangenskap. Han førte bort både kongsdøtrene og alle dei andre som var att i Mispa, dei som Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til styresmann over. Så gav Ismael seg i veg, ville fara over til ammonittane. Då Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, høyrde om alt det vonde Ismael, son til Netanja, hadde gjort, tok dei med seg alle mennene sine og drog ut og ville strida mot han. Dei møtte han attmed den store dammen i Gibeon. Då alt folket som var med Ismael, fekk sjå Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som fylgde han, vart dei glade. Alle dei som Ismael hadde ført bort frå Mispa, snudde og gjekk attende til Johanan, son til Kareah. Ismael kom seg unna med åtte mann. Han slapp frå Johanan og kom seg over til ammonittane. Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som fylgde han, tok då med seg resten av folket som Ismael, son til Netanja, hadde ført frå Mispa etter drapet på Gedalja, son til Ahikam: menn, krigarar, kvinner, born og hoffmenn, og han førte dei attende frå Gibeon. Dei fór av stad og tok inn i Kimham-herberget ved Betlehem. Derifrå ville dei fara til Egypt, bort frå kaldearane. Dei var redde dei, fordi Ismael, son til Netanja, hadde drepe Gedalja, son til Ahikam, som babylonarkongen hadde sett til å styra i landet. Då kom alle hærførarane og Johanan, son til Kareah, og Asarja, son til Hosjaja, og heile folket, både høg og låg, og sa til profeten Jeremia: «Lat oss få koma til deg med vår audmjuke bøn! Bed for oss til Herren din Gud, for alle som er att! Som du ser oss her, er vi då berre nokre få att av mange. Bed om at Herren din Gud må seia oss kva veg vi skal gå, og kva vi skal gjera.» Profeten Jeremia svara dei: «Ja vel, eg skal be til Herren dykkar Gud, så som de seier. Og alt det Herren svarar, skal eg kunngjera dykk og ikkje halda att eit ord.» Då sa dei til Jeremia: «Gjev Herren må vera eit sant og truverdig vitne mot oss om vi ikkje heilt og fullt fylgjer det ordet som Herren din Gud sender oss gjennom deg. Anten det er godt eller vondt, vil vi lyda Herren vår Gud, som vi sender deg til, så det må gå oss vel når vi høyrer på det som Herren vår Gud seier.» Ti dagar etter kom Herrens ord til Jeremia. Då kalla han til seg Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, og heile folket, både høg og låg, og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til så dykkar audmjuke bøn kunne koma fram for han: Dersom de vert verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje riva ned, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg er full av sorg over den ulukka eg har ført over dykk. Ver ikkje redde for babylonarkongen, som de no ottast. Ver ikkje redde for han! lyder ordet frå Herren. For eg er med dykk; eg vil berga dykk og fria dykk ut or hendene hans. Eg skal syna medkjensle med dykk, så han miskunnar seg over dykk og lèt dykk koma heim att til dykkar eige land. Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet. Nei, vi vil fara til Egypt, så vi skal sleppa å koma ut for krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.» Gjer de det, så høyr Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Set de dykk føre å fara til Egypt og slå dykk ned som innflyttarar der, skal sverdet som de reddast, nå dykk der i landet, og svolten som de syter for, skal fylgja dykk i hælane, og i Egypt skal de døy. Alle menn som har sett seg føre å fara til Egypt og busetja seg der, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal koma unna og sleppa frå den ulukka eg sender over dei. Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Liksom min vreide og harme vart utrend over Jerusalems-buane, såleis skal min harme verta utrend over dykk om de kjem til Egypt. De skal koma ut for svartekunster og skræmsle, forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att. Herren har sagt til dykk som er att i Juda: Far ikkje til Egypt! De skal sanneleg vita at eg har åtvara dykk i dag. De set då livet på spel. For fyrst sender de meg til Herren dykkar Gud og seier: «Bed for oss til Herren vår Gud og fortel oss alt det han seier, så skal vi gjera det.» Men når eg i dag har kunngjort dykk dette, vil de ikkje høyra Herrens ord og gjera alt det han har sendt meg til å seia dykk. No skal de vita at de kjem til å døy for sverd, av svolt og i pest på den staden de så gjerne vil fara til og slå dykk ned som innflyttarar. Då Jeremia var ferdig med å tala til folket og hadde sagt dei alle dei ord frå Herren deira Gud som Herren hadde sendt han med, og som er attgjevne her, då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei andre skamlause mennene til Jeremia: «Det er lygn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg med det bodet at vi ikkje skal fara til Egypt og slå oss ned der. Det er Baruk Neriason som eggjar deg opp mot oss, så vi skal koma i hendene på kaldearane; og så kan dei drepa oss eller føra oss bort til Babylonia.» Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren, når han sa at dei skulle verta verande i Juda. Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og ville slå seg ned i Juda, mennene, kvinnene og borna og kongsdøtrene og alle dei som livvakthovdingen Nebusaradan hadde late vera att hjå Gedalja, son til Ahikam Sjafansson. Mellom dei var profeten Jeremia og Baruk Neriason. Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Og dei kom til Takpanhes. I Takpanhes kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Takpanhes, medan nokre menn frå Juda ser på. Sei så til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Snart sender eg bod og hentar babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Han skal setja kongsstolen sin over desse steinane som du har grave ned, og slå opp tronhimmelen sin over dei. Han skal koma og slå Egypt. Det vert døden for dei som må døy, fangenskap for dei som skal takast til fange, og sverd for dei som skal falla for sverd. Han set eld på templa i landet og brenner gudebileta eller fører dei bort. Han plukkar egyptarane som ein gjætar plukkar lus av kappa si, og så fer han bort i fred. Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj og brenna templa i Egypt. Dette er det ordet som kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Takpanhes, Nof og Patros: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De har sjølve sett all den ulukka eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. I dag ligg dei aude, og ingen bur i dei. For dei harma meg med det vonde dei gjorde då dei gjekk bort og brende offer og dyrka andre gudar, som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent. Gong på gong sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane. Dei skulle seia: «Far ikkje med denne styggedomen som eg hatar!» Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til, så dei kunne snu om frå vondskapen sin og halda opp med å brenna offer for andre gudar. Difor loga harmen og vreiden min opp og gjekk ut over byane i Juda og gatene i Jerusalem, så dei vart til steinrøysar og øydemark, som dei er det i dag. Og no seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Kvifor gjer de så vondt mot dykk sjølve at de lèt menn og kvinner, born og spedborn rydjast ut or Juda, så de ikkje skal ha ein rest att? De harmar meg med det de gjer, når de ofrar til andre gudar i Egypt, dit de fór og ville bu som innflyttarar. Såleis kjem de til å rydja ut dykk sjølve og verta til forbanning og spott mellom alle folkeslag på jorda. Har de gløymt det vonde som fedrane dykkar gjorde, det vonde som Juda-kongane og kvinnene deira har gjort, og det vonde som de og kvinnene dykkar har gjort i Juda og på gatene i Jerusalem? Dei har ikkje late seg audmykja til denne dag. Dei ottast ikkje og har ikkje fylgt mi lov og mine føreskrifter, som eg har lagt fram for dykk og fedrane dykkar. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vender eg augo mot dykk. Eg vil senda ulukke og rydja ut heile Juda. Eg vil riva bort resten av folket i Juda som sette seg føre å fara til Egypt og slå seg ned der. I Egypt skal dei missa livet, alle saman. Dei skal falla for sverd eller døy av svolt. Både høg og låg skal døy for sverd og av svolt. Dei kjem ut for svartekunst og skræmsle, forbanning og spott. Eg vil straffa dei som bur i Egypt, på same måten som eg straffa Jerusalem, med sverd og svolt og pest. Ikkje ein einaste av dei judearane som var att, og som kom til Egypt for å slå seg ned der, skal berga seg unna og sleppa frå det; dei skal ikkje koma heim att til Juda. Dei skal lengta etter å venda tilbake og busetja seg der, men ingen skal koma heim att, så nær som nokre få flyktningar. Då tok dei til ords mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira brende offer for andre gudar, like eins alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros. Dei sa: «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på. Nei, vi vil gjera alt det vi har lova: ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, så som vi og fedrane våre, kongane og stormennene våre gjorde i byane i Juda og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok; vi var lukkelege og opplevde ikkje noko vondt. Men sidan vi heldt opp med å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, har det skorta på alt; sverd og svolt gjer ende på oss.» Og kvinnene sa: «Når vi ofrar til Himmeldronninga og renner ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar eige bilete og renner ut drikkoffer for henne?» Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til motmæle mot han: Herren kom i hug dei ofringane de dreiv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet, og det gjekk Herren til hjarta. Han kunne ikkje lenger tola at de bar dykk så ille åt og fór med slik styggedom. Difor vart landet dykkar ei audn, ei øydemark og ei forbanning, så ingen kunne bu der, så som det er i dag. Fordi de ofra og såleis synda mot Herren, fordi de ikkje ville høyra på han og ikkje fylgde hans lov og føreskrifter og bod, har denne ulukka kome over dykk, som ein kan sjå det i dag. Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de judearar som er i Egypt! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har lova med ord og fullført i gjerning det som de sa: «Vi vil halda dei heilage lovnadene vi har gjeve om å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne.» Ja, hald berre lovnadene dykkar, og gjer som de har lova! Men høyr då Herrens ord, alle de judearar som bur i Egypt: Eg har svore ved mitt store namn, seier Herren: I heile Egypt skal det ikkje vera att ein einaste judear som kan ta namnet mitt i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!» Sjå, eg vaker over dei og vil senda ulukke og ikkje lukke. Kvar einaste judear i Egypt skal koma ut for sverd og svolt, til det er ute med dei. Berre nokre få som slepp unna sverdet, skal koma heim att til Juda frå Egypt. Då skal resten av judearane som fór til Egypt og slo seg ned der, få vita kven som har rett, dei eller eg. Og dette, seier Herren, skal de ha til teikn på at eg vil krevja dykk til rekneskap på denne staden. Så kan de skjøna at dei står ved lag, dei ulukkeorda eg har tala mot dykk. Så seier Herren: Sjå, eg gjev farao Hofra, egyptarkongen, i hendene på fiendane hans, på dei som står han etter livet, liksom eg gav Juda-kongen Sidkia i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, som var fienden hans og stod han etter livet. Dette er det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk, son til Neria, då han skreiv opp i ei bok dei orda Jeremia dikterte, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda. Så seier Herren, Israels Gud, om deg, Baruk: Du seier: «Ve meg! Herren har lagt nye suter ¬til mi plage. No er eg trøytt av å stynja, eg finn ikkje kvile.» Så skal du tala til han: Så seier Herren: Det eg har bygt, det riv eg ned, og det eg har planta, ¬det rykkjer eg opp; så skal det vera på heile jorda. Du trår etter store ting. Men gjer ikkje det! For sjå, no sender eg ulukke over alt som lever, ¬seier Herren. Men eg lèt deg berga livet alle stader der du ferdast. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om dei andre folka. Om Egypt. Mot hæren åt farao Neko, egyptarkongen, som stod ved Karkemisj bortmed Eufrat, og som vart slegen av Nebukadnesar, babylonarkongen, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda: Gjer skjold og verje i stand og rykk ut til strid! Sel på, stig til hest, de ryttarar, fylka dykk ¬med hjelm på hovudet, gjer spyda blanke, ¬ta brynjene på! Men kva er det eg ser? Kvifor vik dei tilbake i redsle? Deira krigarar vert slegne, dei rømer utan å sjå seg om. Rundt ikring rår redsle, lyder ordet frå Herren. Den lettføtte kan ikkje røma, og krigaren slepp ikkje unna. Der nord, ved Eufrat-bredda, der snåvar dei og fell. Kven er det som stig lik Nilen, lik elvar som fløymer ¬i brusande straum? Det er Egypt som stig lik Nilen, lik elvar som fløymer ¬i brusande straum. Folket sa: «Eg vil stiga og breia meg ut over jorda, gjera ende på byar ¬og dei som bur der. Fram, de hestar! ¬Av stad, de vogner! Rykk ut, de krigarar, de frå Kusj og Put ¬som ber skjold, og de frå Lud ¬som spenner bogen!» Dette er ein hemnens dag for Herren Gud, Allhærs Gud, då han tek hemn ¬over sine motstandarar. Sverdet skal eta seg mett og drikka seg utyrst av blod. For Herren Gud, Allhærs Gud, held ei offerslakting i landet der nord ved Eufrat. Far opp til Gilead ¬og få deg balsam, Egyptarland, du unge møy! Om du brukar ¬mange lækjeråder, er det inga hjelp i det; såret ditt vil ikkje gro. Folkeslag høyrer om di skam, ditt klagerop fyller jorda. Den eine krigaren ¬stuper over hin, og saman fell dei begge. Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt: Kunngjer det i Egypt, rop det ut i Migdol, ¬i Nof og Takpanhes! Sei: Stig fram og gjer deg klar! For sverdet øyder ¬rundt ikring deg. Kvifor er din sterke okse ¬slegen ned, kvifor kunne han ikkje stå seg? Herren har støytt han ned. Han får mange til å snåva, den eine fell over hin. Dei seier: ¬«Kom, lat oss fara heim att til vårt folk og fedreland, bort frå det herjande sverdet!» Dei skal kalla egyptarkongen ¬farao «bråkmakaren som ikkje akta ¬på tida». Så sant eg lever, seier Kongen – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn: Som Tabor mellom fjella, som Karmel utmed havet er han som skal koma. Stell til det du skal ha med når du må bort frå landet, du folk som bur i Egypt. For Nof skal verta ei audn, leggjast i øyde, ¬så ingen kan bu der. Ei staseleg kvige er Egypt, men ein klegg frå nord ¬slår seg ned på henne. Dei leigde stridsmenn i landet – som gjøkalvar er dei, dei snur om og rømer i lag; dei kan ikkje stå seg. For ulukkedagen er komen for dei, tida då dei må gjera rekneskap. Høyr, ho frøser som ein orm, for dei fer fram med ein hær. Med øksar kjem dei mot henne lik folk som høgg ved. Hogg skogen ned! ¬seier Herren, han har vorte for tett. Dei er fleire enn grashopper, tallause er dei. Egyptarane vert til skammar, overgjevne til folket i nord. Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, seier: No vil eg heimsøkja Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han. Eg gjev dei i hendene på folk som står dei etter livet, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar og mennene hans. Men sidan skal dei byggja og bu i landet som i gamle dagar, lyder ordet frå Herren. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, miss ikkje motet, Israel! For eg bergar deg ¬frå land langt borte, ætta di frå landet ¬der ho er i fangenskap. Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt, og ingen skal skræma han. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar, for eg er med deg, ¬seier Herren. Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslag som eg har drive deg bort til. Men deg gjer eg ikkje ende på. Eg tuktar deg med måte, men reint utan straff kan eg ikkje la deg vera. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistarane, før farao slo Gasa. Så seier Herren: Sjå, vatnet stig frå nord og vert til ei fløymande elv; ho renn ut over landet ¬og alt som i det er, byane og dei som der bur. Menneska klagar og skrik, alle som bur i landet, jamrar når dei høyrer hovslag ¬av sterke hestar, vogner som ramlar ¬og hjul som dundrar. Fedrane ser ikkje etter borna, hendene deira er som lame. For dagen er komen då filistarane ¬skal gå heilt til grunne. I Tyrus og Sidon ¬vert dei utrudde alle som slapp unna ¬og kunne hjelpa. For Herren gjer ende ¬på filistarane, dei som er att ¬av folket frå Kaftor-øya. Gasa er raka snau, Asjkalon har tagna. Du som er att nedi låglandet, kor lenge vil du rispa deg opp? Å, du Herrens sverd, kor lenge skal det vara før du fell til ro? Dra deg inn att i slira, og hald deg still ¬og roleg! Korleis kan det falla til ro? Herren har då kalla det ut, sendt det til Asjkalon ¬og til havsens strand. Om Moab. Så seier Herren, Allhærs Gud, ¬Israels Gud: Ve Nebo! Byen er øydd. Kirjatajim er teke og vanæra, borga har vorte ¬til skam og skræmsle. Det går ikkje gjetord ¬av moabittane meir. I Hesjbon la dei vonde planar ¬mot dei: «Kom, lat oss rydja dei ut ¬som folk!» Du òg skal tagna, Madmen, sverdet skal forfylgja deg. Høyr klageropet frå ¬Horonajim, der er herjing ¬og stor øydelegging. Moab har brote saman, borna der set i og skrik. Ja, oppover bakken til Luhit går folk og græt. På vegen ned mot Horonajim høyrest det skrik ¬over samanbrotet: «Røm, så de kan berga livet!» Men de vert som ein busk ¬i øydemarka. Fordi du leit på ditt gods ¬og dine skattar, skal du òg verta teken. Kamosj må fara i fangenskap og hans prestar og hovdingar ¬med han. Over kvar by ¬kjem det ein herjar, ikkje ein by slepp unna. Dalen skal herjast og høgsletta leggjast i øyde, så som Herren har sagt. Gjev moabittane venger, for dei skal av stad i bråhast. Byane i landet skal verta aude, og ingen skal bu i dei. Forbanna vere den som forsømer å gjera ¬Herrens verk! Forbanna vere den som held sitt sverd frå blod! Moab var trygg ¬frå ungdomen av, låg roleg som vin på sin berme, vart ikkje tappa frå fat til fat – laut aldri fara i fangenskap. Difor har han halde på smaken, angen av han ¬er den same som før. Men sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg sender vintapparar ¬til han. Dei skal tappa han om ¬og tøma fata og slå krukkene i knas. Då skal Moab skjemmast ¬av Kamosj liksom Israel laut skjemmast ¬av Betel, som dei sette si lit til. Korleis kan de seia: «Vi er krigarar ¬og djerve stridsmenn»? Moab skal herjast, fienden fer opp mot hans byar, og den beste ungdomen ¬vert slakta ned, lyder ordet frå Kongen, – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Moabs undergang er nær, i ei bråhast ¬kjem ulukka over han. Ha medkjensle med han, alle grannefolk ikring, alle de som kjenner ¬hans namn. Sei: «Å, at han er broten, den sterke stav, ¬det herlege septer!» Stig ned frå ditt æresete, ¬set deg i støvet, du Dibons dotter ¬som bur i byen. For han som skal herja Moab, fer opp imot deg og øydelegg dine ¬festningsverk. Stå attmed vegen ¬og hald utkikk, du som bur i Aroer! Spør dei som rømde ¬og kom seg unna: «Kva har hendt?» Moab er knust og vanæra. No kan du hyla og skrika. Gjer det kjent ved Arnon at Moab er øydelagt. Straffedomen er komen over slettelandet, over byane Holon, Jahsa, Mofa’at, Dibon, Nebo, Bet-Diblatajim, Kirjatajim, Bet-Gamul, Bet-Meon, Kerijot, Bosra og alle dei andre byane i Moab, både fjern og nær. Avhogge er Moabs horn, armen hans er broten, ¬seier Herren. Gjer Moab drukken, for han har hovmoda seg ¬mot Herren. Så kan han liggja der og spy og vera til spott, han òg. Eller heldt du ikkje Israel ¬for narr? Kanskje han var gripen ¬mellom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar om han? Far bort frå byane og slå dykk ned i fjellet, de som bur i Moab! Gjer som dua, ¬ho byggjer seg reir i sidene av det gapande gjelet. Vi har høyrt ¬kor kaute moabittane er, sjølvgode er dei, stolte og storlåtne og hovmodige i hug og hått. Eg veit kor frekke dei er, ¬seier Herren, eg kjenner ¬det tome skrytet deira. Uærlege er dei i alt det dei gjer. Difor jamrar eg over Moab, skrik for heile Moab skuld og sukkar over mennene ¬frå Kir-Heres. Eg græt meir over deg enn over Jaser, ¬du vintre i Sibma. Dine ranker tøygde seg ¬ut mot sjøen, dei nådde heilt til Jaser. Over din frukthaust ¬og vinhaust kjem det ein herjar. Gleda og jubelen er borte frå hagar og marker i Moab. Eg gjer ende på vinen ¬i pressekummane. Ingen trakkar vindruer ¬til glade rop; alle jubelrop har stilna. Skriket frå Hesjbon ¬når til El’ale, heilt til Jahas høyrest ropet. Dei ropar frå Soar ¬til Horonajim og til Eglat-Sjelisjia. For jamvel Nimrim-vatnet ¬vert til øydemark. Så gjer eg slutt på den skikken at folk i Moab ¬går opp på haugane og brenner offer for guden sin, lyder ordet frå Herren. Difor klagar mitt hjarta som fløyter over Moab, ja, det klagar som fløyter over mennene frå Kir-Heres. For alt det dei hadde samla, ¬er tapt. Kvart hovud er snauklypt, alt skjegg er avraka. Alle har rispa opp hendene og har syrgjeplagg om hoftene. I Moab lyder det berre klage på alle tak og plassar. For eg har knust moabittane lik eit kjerald ¬som ingen bryr seg om, lyder ordet frå Herren. Å, kor moabittane er knuste! Kor dei hyler! Skamfulle ¬har dei snutt ryggen til. No vert Moab ¬til spott og skræmsle for alle sine grannefolk. Ja, så seier Herren: Sjå, som ei ørn ¬kjem fienden flygande og breier vengene ut ¬over Moab. Byane vert tekne, ¬festningane storma. Den dagen skal Moabs krigarar vera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud. Moabittane går til grunne ¬som folk fordi dei har hovmoda seg ¬mot Herren. Det vert gru og grav og garn for dykk som bur i Moab! lyder ordet frå Herren. Den som rømer frå det grufulle, skal falla i grava, og den som kjem opp or grava, skal fangast i garnet. Ja, dette sender eg ¬over moabittane det året eg krev dei ¬til rekneskap, lyder ordet frå Herren. I skuggen av Hesjbon står utmødde flyktningar. Men eld går ut frå Hesjbon, ein loge frå Sihons by. Han skal øyda Moabs tinning og skallen på dei som gjer bråk. Ve deg, Moab! Det er ute med folket ¬som dyrkar Kamosj. For sønene dine vert bortførte, og døtrene må fara ¬i fangenskap. Men til sist, i dagar som kjem, skal eg venda lagnaden ¬for Moab, lyder ordet frå Herren. Her endar domsordet ¬om Moab. Om ammonittane. Så seier Herren: Har ikkje Israel søner, har han ingen arving? Kvifor har då Milkom ¬teke Gad i eige og folket hans sett seg ned ¬i byane der? Sjå, difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då eg lèt hærrop ljoma for ammonittane i Rabba. Byen skal verta til aude røysar, og dotterbyane skal brennast. Israel skal ta arvelandet att frå dei som tok det frå han, ¬seier Herren. Jamra deg, Hesjbon, for Ai er øydelagt. Skrik, de Rabba-døtrer, ta syrgjeplagg på, ¬set i med klage og renn att og fram ¬mellom kveene. For Milkom må fara ¬i fangenskap og hans prestar og hovdingar ¬med han. Kvifor rosar du deg av dalane, av din grøderike dal, du fråfalne dotter, som set di lit til dine skattar og seier: ¬«Kven kan vel nå meg?» Sjå, frå alle kantar sender eg redsle over deg, seier Herren Gud, ¬Allhærs Gud. De skal drivast bort, ¬kvar i si lei, og ingen skal samla ¬dei som rømer. Men sidan vender eg lagnaden ¬for ammonittane, lyder ordet frå Herren. Om Edom. Så seier Herren, Allhærs Gud: Finst det ikkje visdom ¬i Teman meir, har ikkje dei kloke råd å gje? Er visdomen deira øydelagd? Røm, snu om! Gøym dykk djupt nede, de som bur i Dedan. For eg lèt ulukka ¬koma over Esau på den tid eg krev han ¬til rekneskap. Kjem drueplukkarar til deg, leiver dei ingenting ¬til ettersanking. Og kjem det tjuvar om natta, øydelegg dei så mykje dei vil. For eg legg Esau open og berr og viser kvar han har ¬sine gøymestader, så han ikkje kan halda seg ¬løynd. Borna og brørne ¬og grannane hans vert herja; det er ute med dei. Berre gå frå dine farlause born, eg skal halda dei i live, og enkjene dine ¬kan lita på meg. Ja, så seier Herren: Jamvel dei ¬som ikkje har fortent det, må sanneleg drikka or staupet. Og så skulle du sleppa straff! Nei, du skal ikkje sleppa, du må tøma staupet. For eg har svore ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Bosra skal verta ¬til skræmsle og spott, til audn og forbanning, og alle byane der skal liggja i røys for alltid. Ei tidend har eg høyrt ¬frå Herren, ein bodberar er send ut ¬mellom folka: «Samla dykk og gå mot byen, reis dykk til strid!» Sjå, eg gjer deg liten ¬mellom folka, vanvørd mellom menneska. Den redsle du vekte hjå andre, og ditt hjartans hovmod ¬har narra deg, du som bur i bergrivner og held til oppå høgdene. Men om du byggjer reiret ditt ¬høgt som ørna, så skal eg få deg ned derifrå, lyder ordet frå Herren. Edom skal verta ei skræmsle. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår ¬han har fått. Det skal gå ¬som då Sodoma og Gomorra og grannebyane vart ¬øydelagde, seier Herren. Ikkje eit menneske skal bu der, ingen skal halda til i landet. Lik ei løve som stig opp or den fine Jordan-skogen til sletta som alltid er grøn, så skal eg på ein augneblink driva dei bort frå landet og setja min utvalde over det. For kven er som eg? Kven vil stemna meg? Og kva for ein hyrding ¬kan stå seg mot meg? Høyr då kva planar Herren har lagt ¬mot folket i Edom, kva han har tenkt å gjera med dei som bur i Teman. Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort, og beitemarkene deira ¬skal verta aude. Når det spørst at dei fell, ¬bivrar jorda; heilt til Sevsjøen ¬høyrest deira skrik. Sjå, fienden stig ¬og flyg som ei ørn, han spilar vengene ut ¬over Bosra. Den dagen skal Edoms ¬krigarar vera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud. Om Damaskus. Hamat og Arpad er vanæra, for dei har fått eit ulukkebod. Dei skjelv i uro som havet, som aldri kan falla til ro. Damaskus er motlaus ¬og rømer. Redsle har kome over folket, det er gripe av angst og smerte som ei fødande kvinne. Kor aud han er, ¬den namngjetne byen, staden der gleda rådde! På torga fell ¬dei unge mennene, og alle stridsmenn ¬vert drepne den dagen, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Eg kveikjer eld mot muren ¬kring Damaskus, han skal øyda ¬Benhadads borger. Om Kedar og Hasor-rika som Nebukadnesar, babylonarkongen, vann over. Så seier Herren: Opp, rykk fram mot Kedar, gjer ende på mennene frå aust! Dei skal ta deira telt ¬og småfe, teltdukane og all deira reiskap, dei skal ta kamelane deira ¬med seg og ropa til dei: ¬«Redsle på alle kantar!» Røm og kom unna ¬så snøgt de kan, gøym dykk djupt nede, de Hasor-buar, seier Herren. For Nebukadnesar, ¬Babel-kongen, har lagt ein plan og tenkt ut noko vondt ¬mot dykk. Opp, rykk fram ¬mot eit sutlaust folk, mot dei som bur trygt, ¬seier Herren. Det har korkje portar ¬eller bommar og bur for seg sjølv. Kamelane deira ¬skal verta til rov, deira store buskap til hærfang. Dei som har kortklypt hår ¬ved tinningen, vil eg spreia for alle vindar; frå alle kantar ¬lèt eg ulukka koma over dei, lyder ordet frå Herren. Då vert Hasor tilhaldsstad ¬for sjakalar, ei audn for alle tider. Ikkje eit menneske skal bu der, ingen skal halda til i byen. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda: Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg vil bryta bogen ¬for elamittane, det sterkaste våpenet deira. Mot Elam sender eg fire vindar frå dei fire himmelhjørna og spreier dei ¬for alle desse vindane. Det skal ikkje vera eit land der det ikkje finst folk som er bortdrivne frå Elam. Eg gjer elamittane redde for fiendane deira, for alle som står dei etter livet. Eg lèt ulukke koma over dei, min brennande vreide, ¬seier Herren. Eg sender sverdet etter dei til eg får gjort ende på dei. Så set eg kongsstolen min ¬i Elam og rydjar ut konge ¬og hovdingar der, lyder ordet frå Herren. Men til sist, i dagar som kjem, vender eg lagnaden for Elam, lyder ordet frå Herren. Dette er det ordet Herren tala gjennom profeten Jeremia om Babylonia, Kaldearlandet: Forkynn mellom folka, ¬lat det høyrast, lyft fana og rop det ut! Døl ikkje noko, men sei: Babel er teke, Bel har vorte til skammar, og Marduk er vitskræmd. Gudebileta står der med skam, dei ufysne gudane er livredde. For eit folk frå nord ¬dreg fram mot landet og gjer det til ei øydemark, så ingen kan bu der; folk og fe rømer og fer bort. I dei dagar, når den tid kjem, lyder ordet frå Herren, skal Israels søner koma heim og Judas søner saman med dei. Gråtande skal dei gå og søkja Herren sin Gud. Dei skal spørja etter vegen ¬til Sion, venda andletet hit og seia: «Kom, lat oss slutta oss ¬til Herren i ei evig pakt ¬som aldri skal gløymast!» Mitt folk var ¬som bortkomne sauer; hyrdingane deira ¬hadde ført dei vilt, på avvegar i fjella. Dei gjekk over fjell og haug og gløymde ¬kvar dei skulle roa seg. Alle som møtte dei, ¬ville sluka dei. Deira fiendar sa: ¬«Vi gjer ingen urett, for dei har synda mot Herren, som dei i sanning ¬kunne kvila hjå, og som fedrane sette si von til.» Røm frå Babylonia, far bort frå Kaldearlandet, og gå som bukkar ¬framføre flokken. For sjå, frå landet i nord vil eg samla store folk, eggja dei til strid og føra dei opp mot Babylon. Dei fylkar seg mot byen og tek han frå nord. Dei skyt sine piler ¬som ein dugande krigar som aldri kjem tomhendt att. Kaldearlandet vert til hærfang, alle som tek av det, ¬får det dei vil, lyder ordet frå Herren. Ja, de kan vera glade og fegne, de som plyndra mitt arveland. Hopp som kalvar i graset, og knegg som sterke hestar. No skal mor dykkar ¬skjemmast djupt, ho som fødde dykk, ¬vert til spott. Sjå, ho kjem sist mellom folka, ho vert som ei turr ¬og livlaus øydemark. Fordi Herren er harm, ¬skal ingen bu der, heile landet skal vera ei audn. Alle som fer framom Babel, skal fæla og spotta når dei ser alle dei sår ho har fått. Fylk dykk, alle bogeskyttarar, gå mot Babylon ¬og kringset byen! Skyt mot han, ¬spar ikkje på pilene, for han har synda mot Herren. Lyft hærrop mot byen ¬frå alle kantar! No må Babylon gje seg; støttene er falne ¬og murane rivne. Ja, dette er Herrens hemn. Ta berre hemn på byen, gjev han att ¬for det han har gjort! Ryd ut or Babylonia ¬den som sår, og den som svingar sigd ¬om hausten! Frå det herjande sverdet ¬skal kvar og ein venda seg til sitt eige folk og røma til sitt eige land. Israel var som ein bortjaga sau, som løver hadde drive på flukt. Fyrst åt Assur-kongen på han, og så har Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, gnege av beina. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg krevja ¬babylonarkongen og landet hans til rekneskap, som eg gjorde ¬med assyrarkongen. Så fører eg Israel attende til deira eigne beitemarker; dei skal beita ¬på Karmel og i Basan og få eta seg mette på Efraims-fjellet og i Gilead. I dei dagar, når den tid kjem, lyder ordet frå Herren, skal dei leita etter Israels skuld, ¬men fåfengt, etter Judas synd, ¬men ho finst ikkje, for eg tilgjev dei eg lèt vera att. Far opp mot Meratajim-landet og strid imot det! Gå mot dei som bur i Pekod, forfylg dei med sverd ¬og bannstøyt dei! Gjer alt det eg byd deg, lyder ordet frå Herren. Det er stridsgny i landet, og alt bryt heilt i hop. Å, kor han er knust og broten, den hamaren som slo all jorda! Å, kor Babylonia har vorte til skræmsle mellom folka! Eg sette snarer for deg, Babel, og før du visste av det, var du fanga. Du vart funnen og gripen, fordi du gjekk til strid ¬mot Herren. Herren har opna sitt lager og teke fram sin harmes våpen; for Herren Gud, Allhærs Gud, har eit verk å gjera ¬i Kaldearlandet. Rykk fram mot landet ¬frå alle kantar og lat opp kornkammera der! Kast kornet opp i haugar, bannlys det, lat ingenting vera att! Hogg ned alle oksane deira, lat dei gå til slakting! Ve dei! Dagen deira er komen, tida då dei må gjera rekneskap. Høyr, dei rømer og kjem seg bort frå Babylonia. Dei vil kunngjera i Sion at Herren vår Gud ¬har teke hemn, hemn for templet sitt. Kall skyttarane saman ¬mot Babylon, alle som spenner boge. Kringset byen på alle kantar, lat ingen sleppa unna! Lat Babylon få att som fortent, gjer mot byen ¬alt det han sjølv har gjort. For han har vore frekk ¬mot Herren, mot Israels Heilage. Difor skal dei unge ¬mennene der falla på torga, alle stridsmennene vert tynte ¬den dagen, lyder ordet frå Herren. Eg kjem over deg, ¬du skamlause, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. For no er dagen komen for deg, den tid då eg krev deg ¬til rekneskap. Den skamlause skal snåva ¬og falla, og ingen skal reisa han opp. Eg set eld på byane hans, og han skal øyda alt ikring. Så seier Herren, Allhærs Gud: Israels-sønene er trælka og Juda-sønene saman ¬med dei. Alle som førte dei ¬i fangenskap, held dei fast ¬og slepper dei ikkje. Men deira utløysar er sterk. Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Han vil føra deira sak og gje jorda ro, men valda uro for dei som bur i Babylonia. Sverd mot kaldearane! ¬seier Herren. Sverd mot dei ¬som bur i Babylonia, mot hovdingane ¬og vismennene i landet! Sverd mot varseltydarane! Dei skal stå der som dårar. Sverd mot krigarane i byen! Dei skal missa motet. Sverd mot hestane ¬og vognene i byen, mot alt blandingsfolket der! Dei skal verta som kvinner. Sverd mot skattane i byen! Dei skal verta rana og røva. Lat turk koma over vatnet, så det turkar bort. For landet er fullt av ¬gudebilete, og med sine fæle bilete ber folk seg åt som galne. Difor skal ørkendyr ¬slå seg ned der saman med ville hundar; strutsar skal halda til i byen. Aldri skal han byggjast meir, frå ætt til ætt skal ingen bu der. Det skal gå ¬som då Gud gjorde ende på Sodoma, Gomorra ¬og grannebyane, lyder ordet frå Herren. Ikkje eit menneske skal bu der, ingen skal halda til i byen. Det kjem eit folk frå nord, det er eit mektig folk; mange kongar tek ut frå utkanten av jorda. Boge og spyd har dei i handa, harde er dei og sparer ingen. Larmen av dei ¬er som havdur. På hestar kjem dei ridande; budde som stridsmenn dreg dei fram imot deg, ¬Babel-dotter. Då babylonarkongen ¬høyrde ryktet om dei, vart hendene hans kraftlause. Han vart gripen av angst og skalv som ei fødande ¬kvinne. Lik ei løve som stig opp or den fine Jordan-skogen til sletta som alltid er grøn, så skal eg på ein augneblink driva dei bort frå landet og setja min utvalde over det. For kven er som eg? Kven vil stemna meg? Og kva for ein hyrding ¬kan stå seg mot meg? Høyr då kva planar Herren har lagt ¬mot babylonarane, kva han har tenkt å gjera med Kaldearlandet. Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort, og beitemarkene deira ¬skal verta aude. Når ropet lyder: ¬«Babylon er teke!» skal jorda skjelva, og skriket skal høyrast ¬mellom folkeslaga. Så seier Herren: Eg reiser ¬ein øydande storm mot Babylon ¬og dei som bur i Leb-Kamai. Eg sender folk ¬til å spreia babylonarane, som når ein reinsar korn. Dei skal leggja landet i øyde når dei set på det frå alle kantar den dagen ulukka kjem. Skyttaren skal ikkje ¬spenna bogen og ikkje briska seg i brynja. Spar ikkje dei unge mennene ¬i byen, bannstøyt heile hæren der! Menn skal drepast ¬og falla i Kaldea, gjennombora ligg dei ¬på gatene. Israel og Juda ¬er ikkje som enkjer, gløymde av sin Gud, ¬Herren, Allhærs Gud, endå landet deira ¬er fullt av skuld mot Israels Heilage. Røm frå Babylon, ¬berga dykk alle! Miss ikkje livet ¬når byen får si straff. Dette er ei hemne-tid ¬for Herren; han gjev dei att ¬for det dei har gjort. Babel var eit gullstaup ¬i Herrens hand og gjorde heile verda drukken. Folkeslaga drakk av vinen, difor bar dei seg åt som galne. Brått er Babel fallen og knust. Set i med klagerop over henne! Henta balsam for hennar sår, kanskje kan dei lækjast. «Vi prøvde å lækja Babel, men det lét seg ikkje gjera. Lat henne liggja, så vi kan fara, kvar til sitt eige land. For domen over henne ¬når til himmelen, radt opp til skyene rekk han.» Herren har synt ¬at vi var skuldlause. Kom, lat oss fortelja på Sion kva Herren vår Gud har gjort. «Gjer pilene kvasse, ¬fyll pilehusa!» Herren har eggja ¬medarkongen; for han aktar ¬å øydeleggja Babylon. Det er Herrens hemn, han vil hemna sitt tempel. Lyft fana mot Babylons murar, gjer vakthaldet sterkare, set ut vakter og legg nokre i bakhald! For Herren har tenkt ut ¬ein plan og set i verk det han har tala mot folket i Babylon. Du som bur ¬ved dei store elvane og er så rik på skattar, no er enden komen for deg, din livstråd skal skjerast av. Herren, Allhærs Gud, har svore ved seg sjølv: Eg skal fylla deg ¬med menneske, tallause som ¬ein grashoppesverm. Dei skal setja i med jubelrop ¬mot deg. Herren skapte jorda ¬med si kraft, han grunnla fastlandet ¬i sin visdom og spente ut himmelen ¬med skjøn. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen, han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda, han lèt lyna blinka ¬og regnet falla og sender vinden ¬frå hans opplagsrom. Alle menneske er dumme ¬og uvituge. Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete, dei støypte bileta hans er lygn, det er ikkje ånd i dei. Gagnlause er dei, ¬eit verk til å spotta, i rekneskapsstunda ¬er det ute med dei. Såleis er ikkje han ¬som er Jakobs del, for det er han som skaper alt. Israel er hans eiga ætt, Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Du er min hamar, ¬mitt stridsvåpen. Med deg knuser eg folkeslag, øyder eg kongerike. Med deg knuser eg ¬hest og ryttar, knuser eg vogn og køyrekar. Med deg knuser eg ¬mann og kvinne, knuser eg gamal og ung, knuser eg gut og jente. Med deg knuser eg ¬gjætar og buskap, knuser eg bonden ¬og oksane hans, knuser eg statthaldarar ¬og styresmenn. Men Babylon ¬og alle som bur i Kaldea, gjev eg att, ¬beint framfor augo dykkar, for alt det vonde ¬dei gjorde mot Sion, lyder ordet frå Herren. Eg kjem mot deg, ¬du Tyningsfjell, som øydelegg heile jorda, ¬seier Herren. Eg retter ut handa mot deg, velter deg ned ¬frå fjellknausane og gjer deg til eit utbrent berg. Dei skal ikkje ta ein stein ¬ifrå deg til hjørnestein eller grunnmur. Ei evig audn skal du verta, lyder ordet frå Herren. Lyft ei fane på jorda, blås i horn mellom folka, vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia! Kall saman kongerike ¬mot landet, Ararat, Minni og Asjkenas. Set ein hærførar over dei! Før fram hestar ¬som bustete grashopper! Vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia, kongen og statthaldarane ¬i Media, alle styresmennene der og heile det landet ¬kongen rår over. Jorda dirrar og skjelv, for no set Herren i verk dei planar han har ¬mot Babylonia: å gjera landet til ei øydemark der ingen kan bu. Krigarane i Babylon ¬har gjeve opp striden, dei sit i ro i borgene. Deira kraft er borte, dei har vorte som kvinner. Det er sett eld ¬på bustadene i byen, og bommane er brotne. Den eine lauparen ¬renner mot den andre, eitt sendebod møter eit anna når dei skal gje ¬babylonarkongen melding om at byen er teken ¬frå alle kantar, at vadestadene er tekne og bolverka brende og stridsmennene gripne ¬av redsle. Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No liknar Babels dotter ein treskjevoll ¬som er trakka hard. Det er berre ei lita stund, så kjem hausten for henne. Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, har ete meg opp ¬og soge meg ut og sett meg bort ¬som eit tomt kjerald. Han slukte meg ¬som eit sjøbeist, fylte sin buk ¬med mitt beste kjøt og slengde meg sidan bort. Lat den urett og skade ¬eg har lide, koma over babylonarane! seier dei som bur i Sion. Lat dei som bur i Kaldea, få bøta for mitt liv! seier folket i Jerusalem. Difor seier Herren: Sjå, eg fører di sak og fullfører hemnen for deg. Eg legg elva i Babylonia turr og turkar ut hennar kjelder. Babylon skal verta ei steinrøys, ein tilhaldsstad for sjakalar, ein stad til skræmsle og spott, der ingen kan bu. Dei brøler alle som unge løver og knurrar som løveungar. Når dei brenn av lyst, steller eg til eit drikkelag ¬for dei. Eg gjer dei så drukne ¬at dei sovnar; dei fell i ein evig svevn, som dei ikkje skal vakna or, lyder ordet frå Herren. Eg fører dei til slakting ¬som lam, som verar og bukkar. Å, at Sjesjak er slegen og teken, byen som var lovprist ¬på heile jorda! Å, at Babylon har vorte ei skræmsle mellom folkeslaga! Havet har stige ¬opp over Babylonia, og gøymt landet ¬med sine brusande bylgjer. Byane der har vorte ei audn, eit turt og livlaust land. I dei held ingen til, ikkje eit menneske ferdast der. Eg heimsøkjer Bel i Babylon; det som han har slukt, dreg eg ut or munnen hans. Folkeslag skal ikkje lenger koma strøymande til han. Muren kring Babylon ¬er òg fallen. Mitt folk, far ut or byen! Kvar og ein må berga livet for Herrens brennande vreide. Miss ikkje motet, ¬og ver ikkje redde når rykte breier seg i landet, når det kjem éi tidend ¬det eine året og ei anna året etter, når det rår vald og urett ¬på jorda, og herskar reiser seg ¬mot herskar. Sjå, difor skal dagar koma då eg heimsøkjer gudebileta ¬i Babylonia, så heile landet vert ¬til skammar, og alle mennene ¬vert drepne og fell. Himmel og jord ¬og alt som i dei er, skal triumfera over Babylon, når folk frå nord ¬dreg fram mot byen og herjar han, lyder ordet frå Herren. Babylon må falla til hemn for dei drepne i Israel, liksom folk over heile jorda vart drepne og fall ¬for Babylon skuld. De som slapp unna sverdet, far av stad, stans ikkje her! Kom Herren i hug ¬i landet langt borte, og ha omtanke for Jerusalem! «Vi skjemmest, ¬for vi fekk høyra spottord, andletet vårt er raudt av skam; for framande har trengt inn i heilagdomen, Herrens hus.» Difor skal dagar koma, ¬seier Herren, då eg heimsøkjer gudebileta ¬i Babylonia; i heile landet ¬skal såra menner stynja. Om Babel stig opp ¬til himmelen og gjer si høgborg utilgjengeleg, skal eg senda folk ¬som herjar henne, lyder ordet frå Herren. Høyr skriket som lyder ¬frå Babylonia, eit veldig brak ¬frå Kaldearlandet. Det er Herren ¬som øydelegg Babylonia og gjer ende på alt ståket ¬i landet. Bylgjer brusar ¬som ein mektig flaum, det høyrest dur og drøn frå dei. For mot Babylonia kjem det ein fiende som herjar; krigarane der ¬vert tekne til fange og bogane deira brotne. For Herren er ein Gud ¬som gjev attergjeld, i fullt mål gjev han att. Eg gjer deira hovdingar ¬og vismenn drukne, deira statthaldarar, ¬styresmenn ¬og krigarar med. Dei skal falla i ein evig svevn, som dei ikkje vaknar or, ¬seier Kongen – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Så seier Herren, Allhærs Gud: Dei tjukke murane ¬kring Babylon skal rivast til grunnen og dei høge portane brennast. Så har folka ingenting att ¬for sitt strev, det ætter har stridt med, ¬går opp i logar. Dette er det påbodet profeten Jeremia gav Seraja, son til Neria Maksejason, då han fór til Babylonia saman med Juda-kongen Sidkia, i det fjerde året han var konge. Det var Seraja som sytte for herberge. Jeremia hadde skrive opp i ei bok all den ulukka som skulle koma over Babylon. Det er alle dei orda som her er skrivne om byen. Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babylon, skal du syta for å lesa opp alt dette. Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og truga med å øydeleggja han, så ingen kan bu der, korkje folk eller fe. Han skal verta ei audn for alltid.» Når du så er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat og seia: «Såleis skal Babylon søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over byen. Her endar orda åt Jeremia. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn. Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen. Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han. Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia. Den niande dagen i den fjerde månaden det året, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat, braut fienden inn i byen. Alle stridsmennene rømde og tok ut frå byen om natta, endå kaldearane låg rundt ikring han. Dei fór gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, og tok vegen mot Jordan-dalen. Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd. Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen, som felte domen over han. Babylonarkongen drap sønene til Sidkia medan faren såg på. Sameleis drap han alle hovdingane i Juda der i Ribla. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon. Der vart han halden fengsla til sin døyande dag. Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste tenestemennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta. Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til. Og kaldearhæren som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem. Så førte Nebusaradan bort nokre av dei ringaste i folket og dei som elles var att i byen, dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og dei siste av handverkarane. Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane. Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia. Dei tok oskefata, eldskuflene og ljosesaksene, offerskålene, røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta. Livvakthovdingen tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, ljosestakane, røykjelsesskålene og drikkofferskålene. I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, havet og dei tolv bronseoksane som var under det, og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast. Den eine søyla var atten alner høg og tolv alner i omkrins. Ho var fire fingrar tjukk og hol. Ho hadde eit søylehovud av bronse, som var fem alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Såleis var den andre søyla òg. Nittiseks granateple hang fritt; i alt var det hundre granateple ikring på flettverket. Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane. Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, sju av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen. Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla. Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt. Dette er talet på dei som Nebukadnesar førte bort: i det sjuande styringsåret 3 023 frå Juda og i det attande året 832 frå Jerusalem. I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvakthovdingen, bort 745 judearar. Til saman var det 4 600 personar. I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuefemte dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet. Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon. Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde. Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå babylonarkongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag. Å, kor einsam ho sit, byen som før var ¬så folkerik! Ho som var stor mellom folka, sit no enkje. Fyrstinna mellom landa må gjera tvangsarbeid. Ho græt så sårt om natta, tårene renn på hennar kinn. Mellom alle sine elskarar har ho ingen som trøystar. Alle hennar vener har svike, dei har vorte hennar fiendar. Bort frå landet laut Juda fara, ut or naud og tung trældom. No bur ho mellom folka og finn ikkje ro. Alle hennar forfylgjarar ¬nådde henne att midt i trengslene. Vegane til Sion syrgjer fordi ingen kjem til høgtidene. Alle portane i byen er aude, og prestane der må sukka. Dei unge jentene er fulle ¬av sut, og sjølv har ho bitter sorg. Dei som står henne imot, ¬har makta, hennar fiendar ¬kjenner seg trygge. Herren har late henne lida fordi hennar synder ¬var mange. Borna hennar laut fara ¬i fangenskap, fienden førte dei bort. Sions dotter har mist all sin prydnad. Hennar stormenn ¬vart som hjortar som ikkje finn beite. Kraftlause gjekk dei av stad framfor han som dreiv dei. I si naud og heimløyse må Jerusalem minnast alt det herlege ho hadde heilt ifrå gamle dagar. Men folket fall i fiendehand og hadde ingen til å hjelpa. Fiendane såg på henne og lo fordi det var ute med henne. Jerusalem har synda grovt, difor har dei uvilje mot henne. Alle som æra henne, vanvørder henne no, for dei har sett henne naken. Sjølv må ho sukka ¬og snu seg bort. Ureinskapen viser seg ¬på hennar slep; ho hadde ikkje tenkt ¬det skulle enda så. Utruleg djupt har ho sokke, og ingen trøystar henne. «Herre, sjå mi naud, sjå korleis fienden triumferer!» Fienden rette ut handa etter alle hennar skattar. Ho laut sjå at heidningar kom inn i hennar heilagdom, endå ho hadde nekta dei å vera med i din lyd. Alt hennar folk må sukka medan dei leitar etter brød. Dei byter sine skattar i mat, så dei kan berga livet. «Sjå, Herre, og legg merke til kor vanvørd eg er!» Å, alle de ¬som fer framom på vegen, gjev akt og sjå ¬om det finst ei liding så tung som den eg har røynt, den Herren har late meg lida på sin brennande vreidedag. Herren sende eld ¬frå det høge, som gjekk meg ¬gjennom merg og bein. Han sette ut garn for mine føter og støytte meg unna. Han har gjort meg einsam, all dagen er eg sjuk. Han vakta på mine synder som var knytte saman ¬i hans hand. Dei låg som eit åk ¬på min nakke og har brote mi kraft. Herren har gjeve meg ¬i hendene på folk eg ikkje ¬kan stå meg imot. Herren har vraka alle dei kjemper ¬som fanst hjå meg. Han kalla saman ein flokk ¬imot meg, ville knusa mine unge menn. I vinpressa har Herren trakka Juda, den unge møy. Dette er det eg græt for, tårene strøymer frå augo mine. For langt borte frå meg er dei som kunne trøysta ¬og gje meg mot. Det er ute med borna mine, fienden var for sterk. Sion retter ut sine hender, men det er ingen ¬som trøystar henne. Til strid mot Jakob ¬har Herren mønstra alle hans fiendar rundt ikring. Jerusalem byd dei imot som ei urein kvinne. Herren har fare rettvist fram, for eg var ulydig ¬mot hans bod. Høyr på meg, alle folk, og sjå kva eg må lida! Mine unge jenter og gutar laut fara i fangenskap. Eg ropa på mine elskarar, men dei sveik meg. Mine prestar og styresmenn omkom her i byen medan dei leita etter mat, så dei kunne berga livet. Herre, sjå, eg er i naud, det gjærer i min barm. Hjarta snur seg i mitt bryst, fordi eg var trassig og ulydig. Ute har sverdet ¬drepe mine born, inne i huset rår døden. Dei høyrer kor eg sukkar, og ingen trøystar meg. Alle mine fiendar ¬høyrer om mi ulukke, og det gleder dei ¬at du har sendt henne. Lat han koma, ¬den dagen du varsla, så det går dei like ille ¬som meg. Lat all deira vondskap ¬koma deg for auga! Gjer med dei ¬som du gjorde med meg for alle mine synder. For mine sukkar er mange, og mitt hjarta er sjukt. Å, kor Herren i sin vreide har sveipt Sion ¬i mørke skyer! Han har kasta Israels prydnad frå himmelen ned på jorda. Sin fotskammel ¬kom han ikkje i hug på sin vreidedag. Utan miskunn har Herren øydt alle Jakobs bustader. I sin harme reiv han ned kvar festning for folket i Juda. Han jamna dei med jorda og vanæra riket ¬og stormennene. I brennande vreide ¬hogg han av kvart horn i Israel. Då fienden gjekk på, tok han til seg si høgre hand. I Jakob kveikte han ein eld som loga opp og øydde rundt ikring. Som ein fiende ¬spente han bogen og lyfte si høgre hand. Som ein motstandar drap han alt det som huga vårt auga. Over teltet åt Sions dotter auste han ut sin harme ¬som eld. Herren synte seg ¬som ein fiende og gjorde ende på Israel. Han øydela alle borgene ¬i landet og jamna festningane ¬med jorda. Sorg og sut hopa han opp over Judas dotter. Han herja si hytte ¬som ein snøyer ein hage, gjorde sin samlingsstad ¬til inkje. Herren lét folket på Sion gløyma ¬både høgtid og sabbat. I sin harme og vreide har han vanæra konge og prest. Herren vraka sitt altar og gav opp sin heilagdom. Borgmurane i byen gav han i fiendens hand. Dei ropa høgt i Herrens hus som på ein høgtidsdag. Herren sette seg føre å øydeleggja muren ¬for Sions dotter. Han strekte mælesnora ut, ville riva han ned og tok ikkje handa til seg. Han spreidde sorg ¬over voll og mur, og no har dei sige saman. Portane i byen er sokne i jorda, bommane har han brote ¬og knust. Konge og stormenn ¬er i framandt land, det er inga rettleiing å få. Profetane får ikkje lenger syner frå Herren. Styresmennene på Sion sit tagale på jorda. Dei strøyer mold på hovudet og bind syrgjeplagg om livet. Dei unge jentene i Jerusalem bøyer hovudet mot jorda. Augo mine forgår av gråt, det gjærer i min barm. Eg har mist både mot og kraft, fordi mitt folk er knust, for både born og spedborn sig om på gatene i byen. Dei ropar til mødrene sine: «Kvar får vi brød og vin?» Dei sig om som såra på gatene i byen og dreg sitt siste andedrag på mors fang. Korleis skal eg tala til deg, kva skal eg likna deg med, ¬du Jerusalems dotter? Kva slag samanlikning ¬skal eg bruka til å trøysta deg, Sion, ¬du unge møy? For stor som havet er din skade, kven kan lækja deg? Lygn og svik var synene som profetane dine ¬forkynte deg. Dei synte deg ikkje di skuld, så dei kunne venda ¬din lagnad. Nei, tome, ¬vill-leiande spådomsord fekk dei om deg i synene sine. Alle som fer framom ¬på vegen, slår hendene i hop ¬når dei ser deg. Dei spottar Jerusalems dotter og rister på hovudet åt henne: «Er dette den byen dei kalla den fullkomne venleik, ei glede for all verda?» Alle dine fiendar spilar opp gapet mot deg. Dei pip, skjer tenner og seier: «Vi har gjort ende på henne. Ja, dette er dagen vi venta på; vi fekk då leva og sjå han.» Herren har gjort det han tenkte, han har oppfylt det ordet som han forkynte ¬for lenge sidan. Utan miskunn reiv han ned. Han lét fienden moroa seg ¬over deg og lyfte hornet ¬åt dine motstandarar. Rop av hjarta til Herren, klag di naud, du Sions dotter! Lat tårene renna som bekker dag og natt! Unn deg ikkje kvile, lat ikkje auga få ro! Stå opp, rop høgt om natta, når nattevaktene tek til. Lat det koma fram for Herren, det som fyller ditt hjarta. Lyft dine hender til han og bed om livet ¬for dine småborn, som utmødde av svolt ¬sig saman på alle gatehjørne. Sjå, Herre, og legg merke til kven du fer så ille med. Skal kvinner eta sine born, dei små som dei ber på armen? Skal prest og profet lata livet i Herrens heilagdom? Unge og gamle ligg på jorda, midt i gatene. Mine unge jenter og gutar har falle for sverd. Du drap dei på din vreidedag, då du slakta utan miskunn. Som du samlar folket ¬på ein festdag, så sende du redsler mot meg. Ingen slapp unna og berga seg på Herrens vreidedag. Borna som eg hadde bore ¬og fostra, dei gjorde fienden ende på. Eg er ein mann ¬som har opplevt naud, Herren nytta staven i harme. Han har drive og ført meg inn i mørker utan ljoske. Ja, mot meg ¬har han vendt si hand, heile dagen, gong på gong. Han lét mitt kjøt ¬og mi hud tærast bort og knuste mine bein. Han bygde opp ikring meg ein mur av beiskleik og møde. På mørke stader ¬lét han meg bu, lik dei som døydde ¬for lenge sidan. Han mura meg inne, ¬så eg ikkje slapp ut, og la meg ¬i tunge bronselekkjer. Jamvel når eg skreik ¬og ropa om hjelp, ville han ikkje høyra mi bøn. Han stengde mine vegar ¬med tilhoggen stein og gjorde mine stigar krokete. Han vakta på meg ¬som ein bjørn, som ei løve frå si gøymsle. Han førte meg på villspor ¬og lama meg, eg vart stiv av redsle. Han spente bogen ¬og sette meg opp til mål for sine piler. Dei piler han hadde ¬i pilehuset, sende han inn i mine nyrer. Eg vart til lått for alt mitt folk, dei spotta meg heile dagen. Beiskt var det ¬han metta meg med, han blanda malurt i mitt staup. Han gav meg småstein ¬å tyggja på og bøygde meg i støvet. Du støytte meg bort, ¬tok freden frå meg, eg gløymde kva lukke er. Eg sa: Det er slutt på mi ære og på mi von til Herren. Tanken på mi naud ¬og heimløyse er som malurt og gift. Likevel må eg tenkja på det, og mi sjel er sorgtyngd. Men ein ting ¬legg eg meg på hjarta, difor har eg von: Det er ikkje ute ¬med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt. Kvar morgon er ho ny, stor er din truskap. Eg seier: Herren er min lut, difor vonar eg på han. Herren er god mot dei som ventar på han ¬og søkjer han. Det er godt ¬å vera still for Herren og venta på hjelp frå han. Det er godt for mannen å bera åk i sin ungdom. Han skal sitja åleine og teia når Herren legg bører på han, bøya seg ned ¬med munnen mot jorda, – kanskje er det von – snu kinnet til den som slår, og la seg metta med vanære. For Herren støyter ikkje bort for alle tider. Valdar han sorg og plage, miskunnar han seg ¬i sin store truskap. For det hugar ikkje Herren å kua eller plaga menneska. Når dei trør under fot alle fangane i landet, rengjer retten for ein mann framfor augo på Den Høgste eller gjer urett ¬mot nokon i ei sak, ser ikkje Herren slikt? Kven kan tala så noko hender når Herren ikkje har bode det? Hender ikkje både vondt og godt etter påbod frå Den Høgste? Kvifor klagar eit menneske ¬som lever? Kvar får syrgja over si synd! Lat oss ransaka ¬og prøva våre vegar og venda om til Herren! Lat oss lyfta hjarta og hender til Gud i himmelen! Vi har synda og vore ulydige, og du har ikkje tilgjeve. Du sveipte deg i vreide, jaga og drap oss utan miskunn. Du sveipte deg i skyer, så inga bøn rakk fram. Til skrap og skrot gjorde du oss midt imellom folkeslaga. Alle våre fiendar spilar opp gapet mot oss. Gru og grav, det vart vår lut, øyding og undergang. Tårene strøymer frå augo mine fordi mitt folk er knust. Tårene renn i eitt frå mitt auga, og det tek ikkje slutt før Herren skodar ned frå himmelen og ser det. Det gjer meg inderleg vondt å sjå alle kvinnene i min by. Dei som var imot meg ¬utan grunn, jaga og jaga meg som ein fugl. Dei dreiv meg levande ¬i ei fallgrav og kasta stein over meg. Vatnet fløymde ¬over mitt hovud; eg tenkte: ¬«No er det ute med meg.» Då ropa eg ditt namn, Herre, djupt nede frå grava. Du høyrde på meg då eg bad: «Du må ikkje lata att øyro for mi bøn om berging!» Du var nær då eg kalla ¬på deg; du sa: «Ver ikkje redd!» Du, Herre, førte mi sak, du løyste meg ut, ¬så eg fekk leva. Du, Herre, såg kva urett ¬eg leid, og hjelpte meg til min rett. Du såg deira store hemnlyst, alle deira vonde planar ¬mot meg. Du høyrde kor dei spotta, ¬Herre, alt det vonde dei planla ¬mot meg. Mine uvener kviskrar og murrar mot meg dagen lang. Sjå, anten dei sit eller står, syng dei nidviser om meg. Du vil gje dei att, Herre, for det dei sjølve har gjort. Du gjer hjarta deira hardt, og sender forbanning over dei. Du forfylgjer dei i vreide, rydjar dei ut ¬under Herrens himmel. Å, kor gullet ¬har mist sin glans, kor det fine gullet er skjemt! Dei heilage steinane ¬ligg strøydde på alle gatehjørne. Å, Sions gjæve søner, verde si vekt i reint gull, no vørdest dei berre ¬som leirkar, eit verk av krusmakarhand. Jamvel sjakalar held juret fram, så ungane får suga. Men kvinnene i mitt folk ¬er hjartelause; dei liknar strutsen ¬på aude sletter. Spedborna er så tyrste at tunga heng fast ved ganen. Småborna tiggar om brød, men ingen gjev dei ein bit. Dei som før åt fine retter, ligg forkomne på gatene. Dei som før vart borne ¬på skarlak, ligg no på avfallshaugen. Den synd mitt folk har gjort, er verre enn synda i Sodoma, som vart lagt i grus ¬på ein augneblink utan at nokon lyfte ei hand. Sions hovdingar ¬var reinare enn snø og kvitare enn mjølk. Kroppen deira ¬var raudare enn korallar, dei såg ut som safir. No ser dei svartare ut enn sot, ein kan ikkje kjenna dei att ¬på gata. Dei er berre skinn og bein, huda er turr som knusk. Dei som fall for sverd, ¬var betre farne enn dei som svalt i hel; for dei tærtest bort og døydde fordi jorda ikkje gav grøde. Kvinner som før var milde ¬og kjærlege, koka sine eigne born. Borna vart til føde for dei då mitt folk vart knust. Herren rende ut sin harme, auste ut sin brennande vreide. På Sion kveikte han ein eld som øydde alt til grunnen. Ingen konge på jord, nei, ingen i heile verda kunne tru at ein motstandar ¬eller fiende ville koma inn ¬gjennom Jerusalems portar. Men det hende fordi profetane synda og prestane førte skuld ¬over seg. Midt i byen rende dei ut blod av rettferdige menn. Som blinde flakka dei ikring i gatene, sulka med blod, så ingen kunne røra kleda dei hadde på seg. «Av vegen! Urein!» ¬ropa folket til dei. «Av vegen, av vegen! ¬Kom ikkje nær!» Når dei rømer ¬og vildrar ikring, vert det sagt ¬mellom folkeslaga: «Dei får ikkje vera her lenger.» Herren sjølv har spreitt dei, han ansa dei ikkje lenger. Dei vørde ikkje prestane og hadde ikkje medynk ¬med dei gamle. Vi stirte framleis etter hjelp til augo vart såre, men fåfengt. Frå vårt vakttårn ¬speida vi etter eit folk som ikkje kunne hjelpa. Dei lurte på våre steg, så vi ikkje kunne gå på gatene. Vår ende var nær, ¬vår tid var ute, ja, vår siste stund var komen. Dei som forfylgde oss, ¬var snarare enn ørnar i flòg ¬under himmelen. Over fjella jaga dei oss, i øydemarka lurte dei på oss. Vår livsande, ¬Herrens salvevigde, vart fanga i deira fallgraver. Det var om han vi tenkte: «I livd av han ¬skal vi leva mellom folka.» Fagna og gled deg, ¬Edoms dotter, du som bur i Us-landet. Til deg òg ¬skal det rettast eit staup; du skal verta drukken ¬og kle deg naken. Di skuld er kvitta, Sions dotter, aldri meir vil han føra deg bort. Men di misgjerning ¬straffar han, Edom, og dine synder legg han ¬i dagen. Kom i hug, Herre, ¬det som har hendt oss, sjå hit og legg merke til ¬kor vi vert spotta! Vårt land er kome i hendene ¬på framande, utlendingar har fått våre hus. Foreldrelause er vi vortne, vi har ingen far; mødrene våre er som enkjer. Vi må kjøpa det vatnet ¬vi drikk, og betala den veden vi brukar. Våre forfylgjarar ¬har vi på nakken, vi er trøytte og får ikkje kvila. Vi rette ut handa til Egypt ¬og til Assur, så vi kunne mettast med brød. Våre fedrar synda; dei er borte, men vi ber straffa ¬for deira skuld. Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut ¬or deira hand. Vi hentar vårt brød ¬med fare for livet, sverdet trugar i øydemarka. Vår hud er heit som ein omn, for svolten gneg i kroppen. Dei krenkte kvinner i Sion og unge jenter i byane i Juda. Dei tok og hengde stormenn og hadde ingen vørdnad ¬for dei eldste. Unge menn ¬laut slita med kverna, og gutar seig under vedbøra. Dei gamle ¬sit ikkje lenger i porten, det er slutt ¬med ungdomens ¬strengespel. Vi er ikkje lenger glade, dansen er omsnudd til sorg. Kransen er fallen ¬av vårt hovud. Ve oss, vi har synda! Difor er hjarta vårt sjukt, augo våre har mist sin glans. For Sion-fjellet ligg audt, der renner no revar ikring. Men du, Herre, ¬tronar til evig tid, din kongsstol står ¬frå ætt til ætt. Kvifor vil du gløyma oss ¬for alltid, gå frå oss for lange tider? Herre, før oss atter til deg, så vi kan koma att. Lat våre dagar verta som før! Eller har du vraka oss heilt og vorte brennande harm ¬på oss? I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud. Den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført – kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der. Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall. Midt i elden viste det seg liksom fire skapningar som såg såleis ut: Dei hadde utsjånad som menneske, men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei stråla som skinande bronse. Skapningane hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle heldt andleta og vengene såleis: Dei nådde bortåt kvarandre med vengene. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men kvar av dei gjekk beint fram. Såleis såg andleta deira ut: Dei hadde menneskeandlet framme, og alle fire hadde løveandlet på høgre sida, okseandlet på venstre sida og ørneandlet bak. Det øvste vengeparet var utspent såleis at den eine skapningen nådde bortåt den andre, og med dei to andre vengene løynde dei kroppen. Kvar av dei gjekk beint fram. Dei gjekk dit ånda ville, og snudde seg ikkje når dei gjekk. Skapningane såg ut som brennande kol og som faklar. Elden fór att og fram mellom skapningane. Det stråla av han, og det gjekk lyn ut frå han. Skapningane fór att og fram og var som lyn å sjå til. Medan eg såg på skapningane, sjå, då var det eit hjul på jorda attmed alle fire. Hjula såg ut som om dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var eins på skap. Det såg ut som dei var laga såleis at det eine hjulet var inni det andre. Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Hjulringane var høge og skræmelege, og det var fullt av augo rundt ikring på alle fire hjula. Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg. Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula. Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula. Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei. Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med. Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga. Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga. Høgt oppe over denne kvelven var det noko som likna safirstein. Det var på skap som ein tronstol, og på denne stolen sat det ein skapnad; han var som eit menneske å sjå til. Frå det som syntest å vera hoftene hans, og oppover, såg eg noko som likna skinande metall; det var som eld med ein ring ikring. Frå det som syntest å vera hoftene, og nedover, såg eg noko som likna eld, med ein strålande glans rundt ikring. Synet av glansen var som synet av regnbogen når han viser seg i skya ein regnversdag. Såleis var synet av Herrens herlegdom. Då eg såg det, fall eg ned med andletet mot jorda. Og eg høyrde røysta åt ein som tala. Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.» Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg. Han sa til meg: «Menneske, eg sender deg til israelittane, dette opprørske folket som har reist seg imot meg. Både dei og fedrane deira har vore trulause mot meg heilt til denne dag. Til desse menneska med frekk mine og harde hjarto sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud. Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei skjøna at ein profet har vore midt imellom dei. Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og lat deg ikkje skræma av det dei seier, endå dei er ikring deg som klunger, og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skræma av det dei seier, og ver ikkje redd dei! For ei trassig ætt er dei. Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje; for trassige er dei. Men du, menneske, høyr på det eg talar til deg! Ver ikkje trassig som denne ætta! Lat opp munnen og et det eg gjev deg!» Då eg såg opp, fekk eg auga på ei hand som var rett ut mot meg, og i den var det ein bokrull. Han breidde ut rullen framføre meg. Det var skrive på han både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var klagesongar, sukkar og verop. Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!» Eg opna munnen, og han lét meg eta bokrullen. «Menneske,» sa han. «Metta din mage og fyll dine innvolar med denne bokrullen som eg gjev deg.» Då åt eg, og rullen var søt som honning. Så sa han til meg: «Menneske, gå til Israels ætt og tal mine ord til dei! Eg sender deg ikkje til eit folk som talar eit uskjøneleg og vanskeleg språk, men til Israel; ikkje til mange folk som talar uskjønelege og vanskelege språk, så du ikkje forstår kva dei seier. Om eg sende deg til dei, skulle dei sanneleg høyra på deg. Men Israels ætt vil ikkje høyra på deg, for dei vil ikkje høyra på meg. For heile Israels-ætta har harde panner og hjarto. Sjå, eg gjer andletet ditt og panna di harde som deira. Eg gjer panna di hard som diamant, hardare enn flint. Du skal ikkje vera redd dei og ikkje skjelva når du møter dei, om dei er ei trassig ætt.» Så sa han til meg: «Menneske, alle dei ord eg talar til deg, skal du ta inn i ditt hjarta, og du skal høyra på dei med dine øyro. Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.» Då kom ånda og lyfte meg opp, og bak meg høyrde eg ei sterk, ljomande røyst: «Lova vere Herrens herlegdom frå hans bustad!» Eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira møttest, lyden av hjula attmed dei og ein sterk ljom. Ånda lyfte meg opp og tok meg med, og eg fór av stad, beisk og oppøst i hug, og Herrens hand var over meg med styrke. Eg kom til dei bortførte i Tel-Aviv, dei som budde attmed Kebar-elva. Og der sat eg hjå dei i sju dagar, reint lamslegen. Då dei sju dagane var lidne, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet. Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet. Herrens hand kom over meg, og han sa til meg: «Stå opp og gå ned i dalen! Der vil eg tala med deg.» Då stod eg opp og gjekk ned i dalen. Og der stod Herrens herlegdom, så som eg såg han attmed Kebar-elva. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda. Men då kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp på føtene. Han tala med meg og sa til meg: «Gå og steng deg inne i huset ditt! Og no, du menneske, skal dei slå tog ikring deg og binda deg fast med dei, så du ikkje kan koma ut mellom folket. Eg lèt tunga di hanga fast ved ganen, så du vert mållaus og ikkje kan refsa dei. For ei trassig ætt er dei. Men når eg så talar med deg, vil eg opna munnen din. Då skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Den som vil høyra, han får høyra, men den som ikkje vil, får la det vera. For ei trassig ætt er dei.» Du menneske, ta ein murstein og legg han framfor deg! På den skal du rita ein by, Jerusalem. Du skal kringsetja byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll ikring han. Lat hærar leira seg rundt byen og set opp stormbukkar mot han på alle kantar! Ta så ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Såleis vert han kringsett, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels-ætta. Så skal du leggja deg på venstre sida og leggja Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg så, skal du bera skulda deira. Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld. Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda åt Juda-folket. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne. Vend andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du tala profetord mot byen! Sjå, eg bind deg med tog, så du ikkje kan snu deg frå den eine sida til den andre før du er ferdig med dei dagane du skal halda byen kringsett. Ta så kveite og bygg, bauner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trog og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette. Den maten du dagleg et, skal vega tjue sekel. Til faste tider skal du eta han. Vatnet du drikk, skal mæla ein sjettedels hin. Til faste tider skal du drikka det. Brødet skal du eta som byggkaker. Du skal steikja det beint framfor augo deira med turka menneskemøk til brensel. Såleis skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til, sa Herren. Eg svara: «Å, Herre Gud, eg har aldri vore urein. Frå min ungdom og heilt til no har eg aldri ete kjøt av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt har eg ikkje hatt i min munn.» Då sa han til meg: «Godt, i staden for menneskemøk lèt eg deg bruka kumøk til å steikja brødet ditt på.» Så sa han til meg: Menneske, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med sut skal dei eta brød etter vekt, og med redsle skal dei drikka vatn etter mål. Ja, dei skal sleppa opp for brød og vatn. Både den eine og den andre skal verta forstøkt og forgå på grunn av si synd og skuld. Du menneske, ta eit kvast sverd, bruk det til rakekniv på deg, og far over hovudet og skjegget med det! Ta så ei skålvekt og del både hår og skjegg! Ein tredjepart skal du brenna midt i byen, når kringsetjingsdagane er over; ein tredjepart skal du ta og hogga opp med sverdet rundt ikring byen, og ein tredjepart skal du spreia for vinden. Med drege sverd vil eg setja etter dei. Nokre få hår skal du ta unna og samla i kappesnippen din. Av dei skal du ta nokre, kasta dei midt inn i elden og brenna dei opp. Derifrå skal elden spreia seg over heile Israels-ætta. Så seier Herren Gud: Denne byen, Jerusalem, har eg sett midt imellom folkeslaga, og landa har eg lagt ikring han. Men folket der sette seg opp mot lovene mine og var ugudelegare enn dei andre folka; dei trassa føreskriftene mine meir enn landa ikring. For dei vraka lovene mine og fylgde ikkje føreskriftene mine. Difor seier Herren Gud: De har rasa verre enn folkeslaga rundt ikring dykk. For mine føreskrifter har de ikkje fylgt, og mine lover har de ikkje halde. De har ikkje eingong levt etter lovene åt grannefolka dykkar. Difor seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg imot deg. Eg vil halda dom hjå deg for augo på dei andre folka. Fordi du har gjort så mykje stygt, vil eg gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera. Difor skal foreldre hjå deg eta borna sine, og born skal eta foreldra sine. Eg held dom hjå deg, og dei som då vert att, spreier eg for alle vindar. Difor, så sant eg lever, lyder ordet frå Herren Gud, fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei ufyselege gudane dine og all styggedomen din, skal eg sanneleg hogga deg ned. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel. Ein tredjepart av dykk skal døy av pest eller gå til av svolt i byen, ein tredjepart skal falla for sverd rundt ikring han, og ein tredjepart vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd. Min vreide skal få fritt løp. Eg vil stilla min harme på dei og ta hemn. Då skal dei sanna at eg, Herren, har tala i min brennhug, når eg lèt all min harme gå ut over dei. Eg gjer deg til ein grushaug, til spott for folka som bur ikring deg, så alle som fer framom, kan sjå det. Du skal verta til spott og hån, til skrekk og åtvaring for grannefolka, når eg held dom over deg med vreide og harme og hard tukt. Eg, Herren, har tala. Då sender eg inn imellom dykk dei vonde hungerspilene som er etla til å tyna. Eg sender dei for å tyna dykk. Eg lèt hungeren verta hard og bryt sund brødstaven for dykk. Svolt og udyr sender eg mot deg, og dei skal gjera deg barnlaus. Pest og drap skal heimsøkja deg, og eg sender sverd imot deg. Eg, Herren, har tala. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend andletet mot fjella i Israel, tal profetord mot dei og sei: De Israels-fjell, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkene og dalane: Eg sender sverd mot dykk og gjer ende på offerhaugane. Brennofferaltara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara brytast sund. Og dei av dykk som vert drepne, lèt eg falla om framfor avgudane dykkar. Lika av israelittane vil eg leggja framfor gudane dykkar, og beina av dykk vil eg strøya kring altara dykkar. Kvar de så bur, skal byane øydeleggjast og offerhaugane liggja aude. Jamvel altara dykkar skal verta øydelagde og aude og gudebileta knuste og borttekne. Røykjelsesaltara skal hoggast ned, og alt de har laga, slettast ut. Drepne menn skal falla midt imellom dykk. Då skal de sanna at eg er Herren. Men eg lèt ein rest vera att når dei av dykk som slapp unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, spreidde rundt om i landa. Dei av dykk som slepp unna, skal koma meg i hug ute mellom folka, der dei er i fangenskap. Det skal henda når eg har knust dei trulause hjarto deira som vende seg bort frå meg, og dei trulause augo deira som fylgde avgudane. Dei skal kjenna avsky for seg sjølve fordi dei har gjort så mykje vondt og stygt. Då skal dei sanna at eg er Herren. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å føra denne ulukka over dei. Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest. Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei. Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine. Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Du menneske skal seia: Så seier Herren Gud til Israels land: Enden kjem! Enden kjem for landet, heilt til dei ytste grensene. No kjem enden for deg, når eg lèt min vreide gå ut over deg. Eg dømer deg for di ferd og gjev deg att for all din styggedom. Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at eg er Herren. Så seier Herren Gud: Sjå, ulukke fylgjer på ulukke. Enden kjem, ja han kjem. Sjå, enden kjem for deg! No er det din tur, du som bur i landet. Tida er komen, dagen er nær! Redsle og rådløyse rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell. No, om ei lita stund, lèt eg harmen min gå ut over deg og fullfører vreidedomen over deg. Eg dømer deg for di ferd og gjev deg att for all din styggedom. Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at det er eg, Herren, som slår. Sjå, dagen er komen! No er turen komen til deg. Riset blømer, skamløysa gror. Valdsferd reiser seg og vert til eit ris for dei gudlause. Det vert ingen ting att av dei, ingen ting av den ståkande hopen og ingen ting av rikdomen deira. Det er ingen herlegdom hjå dei. Tida er komen, dagen er nær! Den som kjøper, skal ikkje vera glad, og den som sel, skal ikkje syrgja. For harmen går ut over heile den ståkande hopen i byen. Seljaren får ikkje venda attende til det han har selt, endå om han bergar livet. For spådomen om heile flokken skal ikkje takast att. På grunn av si synd kan ingen tryggja sitt liv. Dei blæs i horn og gjer alt klart; men ingen dreg ut i strid. For harmen min går ut over heile flokken. Ute herjar sverdet, inne rår sjukdom og svolt. Den som er ute på marka, skal døy for sverd, og den som er i byen, han skal sjukdom og svolt tyna. Om nokon slepp unna og kjem seg til fjells, som duer i dalane, skal dei alle døy, kvar for si eiga synd. Alle hender vert slappe, og alle kne vert som vatn. Dei bind syrgjeplagg om seg, dei skjelv over heile kroppen. Alle andlet raudnar av skam, og alle hovud vert raka snaue. Dei kastar sølvet sitt i gatene, og gullet reknar dei for skrap. Korkje sølvet eller gullet bergar dei på Herrens vreidedag. Med det kan dei ikkje stilla sin svolt og ikkje fylla sin mage. Men det har fått dei til å falla i synd. Dei vart stolte av sine staselege smykke, og dei laga seg avskyelege gudebilete av dei. Difor gjer eg alt til skrap for dei. Eg lèt framande hender rana det og dei gudlause på jorda gjera det til hærfang; og dei skal vanæra det. Eg vender andletet bort frå dei. Då skal heilagdomen min verta vanhelga. Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han. Gjer lekkjene ferdige! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av valdsverk. Eg lèt dei verste folkeslag koma og ta husa dykkar i eige. Eg gjer ende på hovmodet åt dei sterke, og heilagdomen deira skal vanærast. Redsla kjem, dei søkjer berging, men finn ikkje det. Ulukke fylgjer på ulukke, rykte på rykte kjem opp. Dei skal prøva å få syner hjå profeten; det vert slutt på rettleiing frå presten og på råd frå dei eldste. Då skal kongen syrgja, hovdingen skal kle seg i skrekk, og vanleg folk skal skjelva på handa av redsle. Eg vil fara fram mot dei som dei sjølve har fare fram, og døma dei som dei sjølve har dømt. Då skal dei sanna at eg er Herren. I det sjette året, den femte dagen i den sjette månaden, hende det at Herrens hand kom over meg medan eg sat i huset mitt, og dei eldste mellom jødane sat framfor meg. Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til. Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm. Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen. Han sa til meg: «Menneske, lyft augo mot nord!» Då eg lyfte augo og såg mot nord, fekk eg auga på gudebiletet som gjorde Herren harm, nord for altarporten, nær inngangen. Han sa til meg: «Menneske, ser du kva dei gjer? Den styggedomen som Israels-ætta driv med her, er så stor at eg må fara langt bort frå heilagdomen min. Men du skal få sjå endå meir av stygge ting.» Så tok han meg med til porten som fører inn i tempelgarden, og der såg eg eit hol i veggen. Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Då eg hadde gjort som han sa, fekk eg sjå ei dør. Og han sa til meg: «Gå inn og sjå all den fæle styggedomen som dei driv med der.» Då eg kom inn, fekk eg auga på alle slag stygge bilete av krek og fe og alle Israels avgudar, som var innrita rundt ikring på veggene. Framfor dei stod sytti mann av Israels eldste, og midt imellom dei stod Ja’asanja, son til Sjafan. Kvar av dei hadde ei røykjelsesskål i handa, og ein ange steig opp frå røykjelsesskya. Då sa han til meg: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, kvar i det romet der han har biletet sitt? Herren ser oss ikkje, seier dei, han har fare bort frå landet. Men endå meir skal du få sjå av all den styggedomen dei driv med,» sa han til meg. Så tok han meg med bortåt inngangen til den porten som fører inn i Herrens hus på nordsida. Der sat kvinnene og gret over Tammus. «Ser du, menneske?» sa han til meg. «Men du skal få sjå meir styggedom som er verre enn denne.» Så førte han meg til den indre føregarden i Herrens hus. Og der, attmed inngangen til Herrens tempel, mellom forhalla og altaret, stod ikring tjuefem menn med ryggen mot Herrens tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola. Då sa han til meg: «Ser du, menneske? Er det ikkje nok at Juda-ætta gjer all denne styggedomen som dei har gjort her? Dei fyller då landet med valdsferd, og såleis vekkjer dei atter min harme. Sjå korleis dei held vinranka opp under nasen på meg. Så vil eg òg gripa inn i harme. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel. Om dei ropar aldri så høgt inn i øyro mine, vil eg ikkje høyra på dei.» Så høyrde eg han ropa med høg røyst: «Kom hit og lat byen få si straff! Kvar og ein må ha sitt øydeleggingsvåpen i handa.» Og sjå, frå den øvre porten, den som vender mot nord, kom seks mann, kvar med sitt øydeleggingsvåpen i handa. Og mellom dei var det ein mann som var kledd i lin og hadde skrivesaker hangande i beltet. Dei kom og vart ståande attmed bronsealtaret. Då lyfte herlegdomen åt Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og lyfte seg til dørstokken i templet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, og han sa til han: «Gå gjennom byen, midt igjennom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over all den styggedomen som går føre seg der.» Og til dei andre sa han så eg høyrde på: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned for fote! Vis ikkje medkjensle, og spar ingen! Gamle og unge menn, unge jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydja ut. Men de må ikkje røra nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med dei gamle mennene som stod framfor Herrens hus. Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og slo ned folk i byen. Medan dei heldt på med det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt som er att av Israel, sidan du lèt din harme gå ut over Jerusalem?» Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fullt av blodskuld, og i byen vert retten stendig krenkt. For dei seier: Herren har fare frå landet; Herren ser ikkje noko. Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller skånsel. Eg gjev dei att for deira ferd.» Mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, kom att og sa frå: «Eg har gjort som du baud meg.» Brått fekk eg sjå at det på kvelven over hovuda på kjerubane var noko som likna ein safirstein; noko som likna ein tronstol, var synleg over dei. Då sa Herren til mannen som var kledd i lin: «Gå inn i hjulverket, under kjerubane! Ta hendene fulle av glørne som ligg mellom kjerubane, og strøy dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på. Kjerubane stod på sørsida av templet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre føregarden. Då lyfte Herrens herlegdom seg frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i templet. Skya fylte huset, og glansen av Herrens herlegdom fylte føregarden. Susen av kjerubvengene høyrdest heilt ut i den ytre føregarden, som røysta åt Gud Den Allmektige når han talar. Då mannen som var kledd i lin, vart beden om å henta eld under hjulverket, mellom kjerubane, gjekk han inn og stod attmed det eine hjulet. Ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane, tok opp noko av han og la i hendene på mannen med linkleda. Han tok elden og gjekk ut. Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand. Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt. Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre. Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk. Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring. Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk. Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet. Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva. Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg; når kjerubane breidde ut vengene og ville lyfta seg frå jorda, skilde ikkje hjula seg frå dei. Når kjerubane stod, stod hjula òg; og når kjerubane lyfte seg, lyfte dei seg med dei. For ånda åt skapningane var i hjula. Så flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i templet og vart ståande over kjerubane. Eg såg korleis kjerubane breidde ut vengene og lyfte seg frå jorda, og når dei steig, fylgde hjula med. Dei stogga attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var oppover dei. Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar. Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender. Andleta deira likna dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva; dei såg like eins ut. Kvar av kjerubane gjekk beint fram. Så lyfte ånda meg opp og førte meg til austporten i Herrens hus, den som vender mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg tjuefem menn, og midt imellom dei såg eg Ja’asanja, son til Assur, og Pelatja, son til Benaja, som var hovdingar over folket. Herren sa til meg: «Menneske, det er dei mennene som tenkjer ut vondskap og gjev dårlege råd her i byen. Dei seier: Det hastar ikkje med å byggja hus. Byen er gryta, og vi er kjøtet. Tal difor profetord mot dei! Tal profetord, menneske!» Då kom Herrens Ande over meg og baud at eg skulle seia: Så seier Herren: Såleis talar de, Israels ætt, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk. De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne. Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, dei er kjøtet, og byen er gryta. Men dykk skal eg føra ut derifrå. De reddast for sverdet, og eg lèt sverdet koma mot dykk, lyder ordet frå Herren Gud. Eg fører dykk ut or byen, gjev dykk over til framande og fullfører domen over dykk. De skal falla for sverd; ved Israels grense vil eg halda dom over dykk. Då skal de sanna at eg er Herren. Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg døma dykk. Då skal de sanna at eg er Herren. De fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, men levde etter lovene åt dei folka som bur ikring dykk. Medan eg tala profetord, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og ropa med høg røyst: «Å, Herre Gud, vil du gjera ende på det som er att av Israel?» Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske! Brørne dine, dei mennene som er bortførte saman med deg, heile denne ætta av Israel, om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.» Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Då eg førte dei langt bort, mellom folkeslaga, og spreidde dei i landa, vart eg berre i liten mon ein heilagdom for dei i landa dei kom til. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, føra dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land. Når dei kjem dit, skal dei ta bort alle avskyelege gudebilete og all den styggedom som finst der. Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden. Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. Men dei som i hjarta fylgjer dei avskyelege gudane sine og all den andre styggedomen, dei gjev eg att for det dei har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud. No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen. Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt. Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openberra for meg i synet. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, du bur midt iblant ei trassig ætt, eit folk som har augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei trassig ætt er dei. Men du, menneske, bu deg som om du skal førast bort, og far av stad om dagen beint for augo på folk! Far bort frå heimen din til ein annan stad, medan dei ser på. Kanskje dei då får augo opna, jamvel om dei er ei trassig ætt. Det du vil ha med deg når du fer bort, skal du bera ut om dagen beint for augo på folk. Og om kvelden skal du fara av stad, medan dei ser på, lik folk som vert bortførte. Bryt deg eit hol i veggen og ber tinga dine ut gjennom det, medan dei ser på. Du skal lyfta dei opp på aksla beint for augo på folk, og når det vert mørkt, skal du fara av stad. Andletet ditt skal du dekkja til, så du ikkje kan sjå landet. Såleis gjer eg deg til eit teikn for Israels ætt. Eg gjorde så som det vart sagt meg. Eg bar tinga mine ut om dagen, som om eg skulle førast bort. Om kvelden braut eg hol i veggen, og då det vart mørkt, bar eg tinga mine bort. Eg tok dei på aksla medan folk stod og såg på. Morgonen etter kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, har ikkje Israel, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?» Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Dette domsordet gjeld fyrsten i Jerusalem og heile den ætta av Israel som er i byen. Og du skal seia: Eg er eit teikn for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med folket i byen. Dei skal førast som fangar til framandt land. Fyrsten som er hjå dei, skal ta tinga sine på aksla og dra bort når det vert mørkt. Dei skal bryta hol i muren og føra han ut gjennom det. Andletet skal han dekkja til, så han ikkje kan sjå landet med sine augo. Men eg vil strekkja ut garnet mitt og fanga han i nettet. Så fører eg han til Babylon i Kaldearlandet, men det får han ikkje sjå. Der skal han døy. Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle hans fylkingar, vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd. Då skal dei sanna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strøyer dei ut i landa. Berre nokre få av dei lèt eg sleppa frå sverd og svolt og pest. Og mellom folka som dei kjem til, skal dei fortelja om all den styggedomen dei har vore med på. Då skal dei sanna at eg er Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske! Brødet ditt skal du eta skjelvande, og vatn skal du drikka med otte og age. Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Dei skal eta brødet sitt med otte og drikka vatn med redsle. Landet deira og alt som er i det, skal verta uhyggjeleg audt, fordi alle som bur der, har gjort urett. Byane som det no bur folk i, skal leggjast i øyde, og landet skal verta ei audn. Då skal de sanna at eg er Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane går, og alle syner slår feil.» No skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket, så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Ja, du skal seia til dei at tida er nær då alt som er openberra i syner, skal oppfyllast. For ingen skal ha svikefulle syner meir eller koma med falske spådomar i Israels ætt. Det er eg, Herren, som talar; og det ordet eg talar, skal setjast i verk. Det skal ikkje setjast ut lenger. For enno medan de er i live, de som høyrer den trassige ætta til, talar eg mitt ord og set det i verk, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske! Israels-ætta seier: «Det synet han har, gjeld langt fram i tida; det er fjerne tider han spår om.» Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Det eg har sagt, skal ikkje setjast ut lenger. Når eg talar eit ord, skal det setjast i verk, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, tal profetord mot dei profetane i Israel som driv og spår. Til dei som spår av eiga lyst, skal du seia: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Ve profetane, dei dårane som fylgjer sin eigen hug og ikkje har hatt syner. Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel. De gjekk ikkje opp i murrivnene og bygde ikkje skansar for Israels-ætta, så ho kunne stå seg i striden på Herrens dag. Synene deira er falske og spådomane lygn. Dei seier: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje Herren som har sendt dei. Og så ventar dei at han skal la ordet slå til. Er det ikkje falske syner de har hatt og lygnspådomar de har tala? De seier då: «Så lyder ordet frå Herren.» Men det er ikkje eg som har tala. Difor seier Herren Gud: Fordi orda dykkar er falske og synene lygn, difor kjem eg over dykk, lyder ordet frå Herren Gud. Eg retter handa mot dei profetane som har falske syner og spår lygn. Når folket mitt held råd, skal dei ikkje vera med; i boka åt Israels-ætta skal dei ikkje skrivast opp, og til Israels land skal dei ikkje få koma. De skal sanna at eg er Herren Gud. For de har sanneleg ført folket mitt vilt og forkynt fred, endå det ikkje er nokon fred. Når folket byggjer ein skiljevegg, då stryk dei kalk på han. Sei til kalkstrykarane at veggen skal ramla ned. Det skal koma eit sterkt skyljeregn. Eg lèt haglsteinar falla og eit stormver bryta laus. Når så veggen er fallen, vil dei nok seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?» Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg eit stormver bryta laus; i min vreide sender eg eit sterkt skyljeregn, og i min harme lèt eg haglsteinar øydeleggja. Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, og jamnar han med jorda, så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de setja livet til der inne. Og de skal sanna at eg er Herren. Eg lèt all min harme gå ut over veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som strauk kalk på han, profetane i Israel som spådde om Jerusalem og hadde syner om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred,» lyder ordet frå Herren Gud. Og du, menneske, vend deg mot dei kvinnene i folket ditt som spår ut frå sin eigen hug. Tal profetord mot dei og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei kvinnene som syr bind til alle handleder og lagar slør til hovuda, alt etter kor store dei er, for å få folk i si makt. De driv jakt på menneskeliv i folket mitt og held menneske i live til eiga vinning. De vanhelgar meg hjå folket mitt for nokre nevar bygg og nokre bitar brød, når de drep menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet åt andre som ikkje skulle leva. Såleis lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på lygn. Difor seier Herren Gud: No vil eg ha tak i dei binda som de fangar menneske med, liksom ein fangar fuglar. Eg riv dei av armane dykkar og friar ut dei menneska de har fanga som fuglar. Så riv eg sund sløra dykkar og bergar folket mitt ut or hendene dykkar. Dei skal aldri meir verta jaktbytte og koma i dykkar vald. Då skal de sanna at eg er Herren. Med lygn og svik tek de motet frå ein rettferdig mann, endå eg ikkje har valda han sorg. Men den gudlause stør de, for at han ikkje skal venda om frå si vonde ferd, så eg kan la han leva. Difor skal de ikkje lenger ha tome syner og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut or hendene dykkar. Då skal de sanna at eg er Herren. Nokre av Israels eldste kom til meg og sette seg framfor meg. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjarta sitt. Dei ser med glede på slikt som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei søkja råd hjå meg? Difor skal du tala til dei og seia: Så seier Herren Gud: Det kan henda at ein mann av Israels ætt gjev avgudane rom i hjarta sitt og vender hugen mot det som får han til å falla i synd. Kjem han så til profeten, då vil eg, Herren, sjølv svara han fordi han har så mange gudar. Eg vil gripa Israels-ætta om hjarta, fordi dei har vendt seg bort frå meg og dyrka avgudane sine. Difor skal du seia til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og frå all den andre styggedomen dykkar! For kvar mann av Israels ætt og kvar innflyttar i Israel som skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjarta sitt, kvar den som vender hugen mot det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten og bed han søkja råd hjå meg, han vil eg, Herren, sjølv svara. Den mannen vil eg venda meg imot og gjera til eit teikn og eit ordtak. Eg vil rydja han ut or folket mitt. Då skal de sanna at eg er Herren. Men lèt profeten seg lokka til å seia eit ord, då er det eg, Herren, som har lokka profeten. Eg vil retta handa mot han og rydja han ut or Israel, folket mitt. Då må begge bera skulda, både profeten og han som spør. Så skal Israels-ætta ikkje lenger villa seg bort frå meg og ikkje lenger gjera seg urein med alle slag synder. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, når eit land syndar mot meg og ber seg trulaust åt, då retter eg ut mi hand mot det og bryt sund brødstaven for det. Eg sender hunger i landet og rydjar ut både folk og fe. Om desse tre mennene, Noah, Daniel og Job, var der, kunne dei med si rettferd berre berga sitt eige liv, seier Herren Gud. Dersom eg lét villdyr fara gjennom landet, og dei gjorde det folketomt, så det vart ei audn der ingen ferdast av redsle for udyra, så kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga søner eller døtrer. Dei kunne berre berga seg sjølve, men landet ville verta ei audn. Eller om eg sende sverd mot landet og sa: «Sverd, far gjennom landet og ryd ut både folk og fe», då kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga søner eller døtrer. Dei kunne berre berga seg sjølve. Eller om eg sende pest i landet og lét min harme gå ut over det, så eg drap og rudde ut både folk og fe, då kunne Noah, Daniel og Job, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga son eller dotter. Ved si rettferd kunne dei berre berga sitt eige liv. Ja, så seier Herren Gud: Når eg sender dei fire harde straffene mine, sverd, svolt, villdyr og pest, mot Jerusalem for å rydja ut både folk og fe i byen, då skal ein rest sleppa unna og få med seg søner og døtrer. Når dei så kjem ut til dykk, og de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer, då skal de finna trøyst etter ulukka som eg førte over Jerusalem, etter alt det vonde eg lét koma over byen. Og dei skal vera dykk til trøyst, når de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer. Då skal de skjøna at det ikkje er utan grunn eg har gjort alt dette mot byen, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, er vintreet betre enn andre tre, vinranka som står mellom trea i skogen? Kan veden av det brukast til emne, eller kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på? Når veden vert nytta til brensel, så han vert brend i begge endane og svidd på midten, duger han då til emne? Nei, jamvel då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til emne. Kor mykje mindre når elden har brent han så han er svidd! Difor seier Herren Gud: Som eg gjer med vintreet mellom trea i skogen når eg nyttar det til brensel, så gjer eg med folket i Jerusalem, når eg vender meg mot dei. Dei har sloppe frå elden, men elden skal øyda dei. Og då, når eg vender meg mot dei, skal de sanna at eg er Herren. Eg gjer landet til ei audn fordi dei har vore trulause, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, tal til Jerusalem om alt det stygge byen har gjort, og sei: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du har ditt opphav og di ætt frå Kanaanearlandet. Far din var ein amoritt og mor di ei hetittkvinne. Då du kom til verda, gjekk det så til: Den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen; dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt og la deg ikkje i reivar. Ingen hadde medynk med deg, så dei gjorde noko slikt med deg, fordi dei tykte synd i deg. Nei, dei kasta deg ut på marka, fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd. Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.» Og du voks og vart stor, ja, du vart ei fager kvinne. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr. Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud. Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje. Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av delfinskinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke. Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på hendene og kjede om halsen. Eg gav deg ring i nasen, øyreringar i øyro og ei fager krone på hovudet. Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart strålande fager og skikka til å vera dronning. Mellom folka gjekk det ord om din venleik; for han var fullkomen av di eg hadde pynta deg så fint, lyder ordet frå Herren Gud. Men du kjende deg trygg på din venleik og dreiv hor, fordi du hadde slikt ry. Som horkvinne baud du deg fram til kvar og ein som gjekk framom, og han fekk deg. Du tok nokre av kleda dine og la dei på haugane som fargerike teppe. Og der dreiv du hor, som det aldri har hendt og aldri vil henda. Du tok smykka dine av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannfolkbilete, som du dreiv hor med. Du tok dine fargerike klede og hadde på dei, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei. Brødet som eg hadde gjeve deg, kveitemjølet, honningen og oljen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til godange, lyder ordet frå Herren Gud. Sønene og døtrene dine, som du hadde født meg, tok du og ofra til mat åt dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor, sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg, når du lét dei gå gjennom elden for bileta dine? Og med all din styggedom og all di utukt kom du ikkje i hug di ungdomstid, då du var naken og berr og låg og sprala i ditt blod. Så hende det etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud – at du laga deg ei lege eller ein tram på alle torg. På kvart gatehjørne bygde du ein tram. Der gjorde du din venleik til styggedom, når du opna fanget for kvar mann som gjekk framom; og støtt dreiv du hor. Du låg med egyptarane, dine kraftige grannar, og med all di utukt harma du meg. Då rette eg ut handa mot deg og tok att det du skulle ha. Dine fiendar, filistardøtrene, som blygdest av di skjemdarferd, lét eg gjera med deg som dei ville. Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde endå ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok. Og du heldt fram med di utukt, heilt til kræmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok. Å, kor du brann av lyst! lyder ordet frå Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og bera deg åt som ei skamlaus skjøkje! Du laga ei lege på kvart gatehjørne og bygde deg ein tram på alle torg. Men du var ikkje som andre skjøkjer, for du brydde deg ikkje om skjøkjeløn. Du horkvinne, i staden for å halda deg til mannen din tek du framande menn. Alle andre skjøkjer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du betalte dei for å koma til deg frå alle kantar og driva hor med deg. Såleis gjorde du det motsette av det kvinner plar gjera. Det var ingen som sprang etter deg, og ingen gav deg skjøkjeløn; men sjølv gav du løn. Så bakvendt bar du deg åt. Difor, horkvinne, høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Du tok av deg kleda og viste fram din nakne kropp til elskarane dine som du dreiv hor med, alle dei avskyelege avgudane dine, og du drap borna dine som du gav dei. Difor vil eg samla alle elskarane dine, som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og kler av deg, så dei får sjå deg naken. Så dømer eg deg så som kvinner vert dømde for ekteskapsbrot og drap; i harme og brennande iver lèt eg deg verta drepen. Eg gjev deg over til elskarane dine, og dei skal bryta ned lega di og øydeleggja tramane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr. Så samlar dei ei folkemengd mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd. Dei brenner husa dine og held dom over deg, medan mange kvinner står og ser på. Såleis gjer eg ende på di utukt, så du ikkje meir kan gje horeløn. Eg stiller min harme på deg. Så vik min brennande iver frå deg; eg held meg i ro og er ikkje lenger harm. Fordi du gløymde di ungdomstid og gjorde meg harm med alt dette, vil eg òg la deg få att for di åtferd, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting attåt all din styggedom? Sjå, alle som brukar ordtak, skal ha dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.» Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var ei hetittkvinne og far dykkar ein amoritt. Den store syster di er Samaria, som bur med døtrene sine nord for deg. Og den vesle syster di er Sodoma, som bur med døtrene sine sør for deg. Du bar deg ikkje åt berre som dei og fór med den same styggedomen, men etter ei kort tid bar du deg verre åt enn dei i alt du tok deg føre. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde ikkje slikt som du og døtrene dine har gjort. Sjå, hovmod er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i. Ho og døtrene hennar hadde rikeleg med brød og levde i fred og ro. Men ho sytte ikkje for dei ulukkelege og fattige. Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort. Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har gjort styggare ting enn systrene dine, og med all din styggedom har du vist at dei er rettferdigare enn du. Så må du òg ta vanæra på deg, du som med di eiga synd har gått god for systrene dine. Fordi du har gjort verre ting enn dei, er dei rettferdigare enn du. Så må du skjemmast og bera di vanære, sidan du har vist at systrene dine er rettferdigare. Men eg vil venda lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vil eg venda lagnaden for deg. Så skal du bera di vanære og skjemmast av alt du har gjort, og såleis vera til trøyst for dei. Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal koma i same stilling som før, like eins Samaria og døtrene hennar; og med deg og døtrene dine skal det òg verta som før. Tala du ikkje mykje om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig? Det var før vondskapen din vart synleg. Men no har du vorte til spott og spe for Edoms døtrer og alle der ikring og for filistardøtrene, som hånar deg på alle kantar. Di vanære og all din styggedom må du bera sjølv, lyder ordet frå Herren. Ja, så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde eiden og braut pakta. Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil skipa ei evig pakt med deg. Du skal minnast di åtferd og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er større enn du, og dei som er mindre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg. Når eg gjer mi pakt med deg, då skal du sanna at eg er Herren. Så skal du minnast di åtferd og blygjast og aldri meir opna din munn for skam, når eg tilgjev deg alt du har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, set fram ei gåte for Israels-ætta, fortel dei ei likning og sei: Så seier Herren Gud: Den store ørna ¬med store venger og lange vengefjører, med tett og mangleta fjørham, kom til Libanon. Ho tok toppen av sederen, braut av den øvste greina, førte henne til kræmarlandet og sette henne i handelsbyen. Så tok ho ei plante ¬som voks i landet, og sette henne i god jord, planta henne som ei selje ein stad der det var rikeleg ¬med vatn. Ho voks og vart til eit vintre, som var grønt, men lågt, så rankene bøygde seg ¬mot ørna og røtene voks inn ¬under henne. Så vart ho til eit vintre ¬som fekk greiner og strekte ut sine kvister. Men det var ei anna ørn med store venger ¬og tett fjørham. No tøygde vintreet sine røter bort imot denne ørna og bøygde greinene ¬mot henne, så ho skulle gje det meir vatn enn jordstykket ¬som det var planta i. Treet var planta i god jord og hadde rikeleg med vatn, så det kunne få greiner ¬og bera frukt og verta eit framifrå vintre. Du skal seia: Så seier Herren Gud: Kjem vintreet til å trivast? Vert ikkje røtene rivne opp og treet snøytt for frukt? Alle friske renningar ¬skal turka, og då trengst det ingen ¬sterk arm og ikkje mange menneske til å riva det opp med rot. No er det planta. Men vil det trivast? Vil det ikkje berre turka når austavinden når det, turka i den jord det veks? Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Sei til denne trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Du skal seia: Babylonarkongen kom til Jerusalem, tok kongen og hovdingane i byen og førte dei med seg til Babylonia. Han tok ein ætling av kongehuset, gjorde pakt med han og lét han gjera eid. Så tok han stormennene i landet med seg. Han ville at riket skulle haldast nede og ikkje reisa seg meir, men halda pakta med han, så ho kunne stå ved lag. Men kongen gjorde opprør mot han og sende sendemenn til Egypt; dei skulle få tak i hestar og mykje folk til han. Vil dette lukkast? Kan den som gjer slikt, sleppa unna? Kan han bryta pakta og sleppa frå det? Så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi han vanvørde eiden han gav den kongen som gjorde han til konge, og braut pakta med han, difor skal han døy hjå kongen i Babylonia. Og farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk og hjelpa han i striden, når fienden kastar opp ein voll og byggjer kringsetjingstårn for å rydja ut mange menneske. Han vanvørde eiden og braut pakta, og alt dette gjorde han endå han hadde gjeve handslag. Nei, han skal ikkje sleppa unna. Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Eg skal sanneleg gje han att fordi han vanvørde eiden i mitt namn og braut pakta med meg. Eg strekkjer ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babylonia og held dom over han der, fordi han var trulaus mot meg. Alle utvalde menn i alle fylkingane hans skal falla for sverd, og dei som vert att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala. Så seier Herren Gud: Eg tek sjølv ein kvist av toppen på ein høg seder, frå dei øvste greinene riv eg eit fint skot og plantar det på eit høgt ¬og mektig fjell; eg plantar det ¬på Israels høge fjell. Det skal få greiner ¬og bera frukt og verta ein briken seder. Alle slag fuglar skal bu i det, alt som har venger, ¬skal halda til i skuggen av greinene på det. Då skal alle tre på marka sanna at eg er Herren. Det høge treet gjer eg lågt, og det låge gjer eg høgt. Det friske treet lèt eg turka, og det turre lèt eg veksa. Eg, Herren, har tala ¬og vil la det henda. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Korleis kan de bruka dette ordtaket i Israel: Fedrane åt sure druer, og borna fekk ringe tenner. Så sant eg lever, seier Herren Gud: De får ikkje bruka dette ordtaket meir i Israel. Eg rår for alt liv, både for far og son. Den som syndar, han skal døy. Om ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd, då et han ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar. Han krenkjer ikkje kona åt nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein. Han er ikkje hard med nokon, men lèt skuldmannen få pantet sitt att. Han ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede. Han låner ikkje ut for renter og driv ikkje åger. Han held si hand frå urett, og dømer rett når mann ligg i strid med mann. Han fylgjer mine føreskrifter og tek trufast vare på mine lover. Den som gjer det, er rettferdig, og han skal få leva, lyder ordet frå Herren Gud. Men så kan det henda at den rettferdige får ein son som vert ein røvar og drapsmann og gjer ei av desse syndene som faren aldri har gjort. Han et jamvel offerkjøt på haugane og krenkjer kona åt nesten sin. Han er hard med dei arme og fattige, ranar og røvar og gjev ikkje pantet att. Han lyfter augo til avgudane og fer med annan styggedom. Han låner ut for renter og driv åger – og så skulle han få leva! Nei, han skal ikkje få leva. Når han gjer alt dette stygge, skal han sanneleg døy. Han er sjølv skuld i sin død. Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og lèt seg skræma av det, så han ikkje gjer det same. Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar, og krenkjer ikkje kona åt nesten sin. Han er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede. Han legg ikkje hand på ein stakkar og tek ikkje renter og driv ikkje åger, men lever etter mine lover og fylgjer mine føreskrifter. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal sanneleg leva. Men far hans, som gjorde valdsverk, som rana og røva frå nesten sin og gjorde det som vondt er midt imellom landsmennene sine, han må døy for si synd og skuld. De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda åt faren?» Jau, sonen har gjort rett og rettferd; han har halde mine føreskrifter og levt etter dei. Difor skal han få leva. Den som syndar, han skal døy. Men ein son skal ikkje bera skulda åt faren, og ein far skal ikkje bera skulda åt sonen. Den som gjer rett, skal få att for si rettferd, og den som gjer vondt, skal råkast av sin vondskap. Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva. Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett. Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva. Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags styggedom som dei gudlause gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han har gjort, skal vera gløymde. Han skal døy fordi han var trulaus og synda. No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels ætt! Går eg ikkje fram på rett vis? Det er de som ikkje gjer rett. Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For den uretten han har gjort, skal han døy. Men når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet. Han såg alle syndene han hadde gjort, og vende om frå dei. Difor skal han ikkje døy, men leva. Atter vil israelittane seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Går eg ikkje fram på rett vis, israelittar? Det er de som ikkje gjer rett. Difor vil eg døma dykk, Israels ætt, så kvar og ein får att etter det han har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Vend om, vend om frå alle dykkar brot, så inga skuld skal fella dykk. Hald opp med alle dei brot som de gjer dykk skuldige i, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar? Eg vil ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva! Du skal setja i med ein klagesong over leiarane i Israel og seia: Kva var mor di? Ei løvinne mellom løver; mellom ungløver låg ho ¬og fostra sine ungar. Ein av ungane alte ho opp, og han vart ei retteleg ungløve. Han lærte å gå på rov, han åt opp menneske. Folkeslag fekk høyra om han, og han vart fanga ¬i deira fallgrav. Dei sette naseringar på han og førte han til Egypt. Då løvinna såg ¬at ho venta til fåfengs, at all hennar von var ute, då tok ho ein annan ¬av ungane sine og gjorde han til ei ungløve. Han gjekk der ¬mellom løvinnene, og det vart ei ungløve av han. Han lærte å gå på rov, han åt opp menneske. Han skadde borgene og la byane i øyde. Landet og alt som fanst der, stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla. Folk frå landa rundt ikring sette då ut sine garn. Dei strekte dei ut over han og fanga han i si fallgrav. Dei sette han i bur, hadde naseringar på han og førte han ¬til kongen i Babylon. Der sette dei han ¬i ei sterk festning, så ingen skulle høyra ¬brøla hans meir over Israels-fjella. Mor di var eit vintre i hagen, planta attmed vatn. Treet bar frukt ¬og fekk mange greiner, fordi det hadde ¬rikeleg med væte. Greinene vart så sterke at dei kunne brukast ¬til styrarstavar. Høgt voks det opp mot skyene, lett synleg fordi det var så høgt og hadde så mange greiner. Men treet vart rive opp ¬– i harme – og kasta til jorda. Austavinden turka ut frukta; jamvel dei sterke greinene vart rivne av og visna, og elden gjorde ende på dei. No er det planta i øydemarka, i det turre, tyrstande landet. Eld gjekk ut frå ei grein ¬på treet og øydde kvistene og frukta. Det har ikkje meir ¬noka sterk grein som kan vera styrarstav. Dette skulle vera ein klagesong; og ein klagesong har det vorte. I det sjuande året, den tiande dagen i den femte månaden, kom nokre av dei eldste i Israel og ville spørja Herren til råds; dei sette seg framfor meg. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, tal til Israels eldste og sei til dei: Så seier Herren Gud: Kjem de hit og vil spørja meg til råds? Så sant eg lever, eg lèt ikkje dykk spørja meg, lyder ordet frå Herren Gud. Vil du døma dei, menneske? Ja, vil du døma, så lat dei få vita om all den styggedomen fedrane deira har gjort. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Den gongen eg valde ut Israel, gav eg ein heilag lovnad til dei som var av Jakobs ætt. Eg gav meg til kjenne for dei i Egypt; eg lyfte mi hand og sa til dei: «Eg er Herren dykkar Gud.» Den dagen lyfte eg handa og lova at eg ville føra dei ut or Egypt, til eit land som eg hadde sett ut åt dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land. Eg sa til dei: «De må kasta bort all den styggedomen som augo dykkar heng ved. Gjer dykk ikkje ureine med avgudane i Egypt! Eg er Herren dykkar Gud.» Men dei var trassige mot meg og ville ikkje høyra på meg. Dei kasta ikkje bort all den styggedomen som augo deira hang ved, og vende seg ikkje bort frå avgudane i Egypt. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei og stilla min vreide på dei der i Egypt. Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra for augo på dei folka som dei levde imellom. Dei hadde då vore vitne til at eg gav meg til kjenne for dei då eg lova å føra dei ut or Egypt. Så lét eg dei fara frå Egypt og førte dei ut i øydemarka. Eg gav dei mine føreskrifter og kunngjorde mine lover for dei. Det mennesket som held dei, skal leva. Kviledagane mine gav eg dei òg; dei skulle vera teikn på pakta mellom meg og folket. Såleis skulle dei vita at eg er Herren, som helgar dei. Men Israels-ætta var trassig mot meg i øydemarka. Dei fylgde ikkje mine føreskrifter og vanvørde mine lover – endå det mennesket som held dei, får leva; og atter og atter vanhelga dei kviledagane mine. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei i øydemarka og gjera ende på dei. Eg greip inn for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra for augo på dei folka som var vitne til at eg førte israelittane ut. Då lyfte eg handa der ute i øydemarka og svor at eg ikkje ville føra dei inn i det landet eg hadde gjeve dei, landet som fløymer med mjølk og honning, det herlegaste av alle land. For dei vanvørde lovene mine og fylgde ikkje føreskriftene mine. Kviledagane mine vanhelga dei; for i sitt hjarta heldt dei seg til avgudane sine. Likevel hadde eg medkjensle med dei og rudde dei ikkje ut. Eg gjorde ikkje ende på dei i øydemarka. Sidan sa eg til sønene deira i øydemarka: «Fylg ikkje føreskriftene åt fedrane dykkar, hald ikkje lovene deira, og gjer dykk ikkje ureine med avgudane deira! Eg er Herren dykkar Gud. Fylg mine føreskrifter, ta vare på mine lover og lev etter dei! Hald kviledagane mine heilage! Dei skal vera eit teikn på pakta mellom meg og dykk, så de kan vita at eg er Herren dykkar Gud.» Men sønene var trassige mot meg. Dei fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, endå det mennesket som held dei, får leva; og kviledagane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg ville la min harme gå ut over dei og stilla min vreide på dei i øydemarka. Men eg heldt att mi straffande hand. Eg greip inn for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra mellom folka som hadde vore vitne til at eg førte israelittane ut. Så lyfte eg handa der i øydemarka og lova at eg ville spreia dei mellom folkeslaga og strøya dei ut i landa. For dei levde ikkje etter lovene mine, men vanvørde føreskriftene mine og vanhelga kviledagane mine, og augo deira hang ved avgudane åt fedrane. Difor gav eg dei føreskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved. Eg lét dei verta ureine ved offergåvene sine, når dei lét alle dei fyrstefødde gå gjennom elden. Det gjorde eg for å setja støkk i dei, så dei skulle skjøna at eg er Herren. Difor, menneske, skal du tala til Israels-ætta og seia til dei: Så seier Herren Gud: Fedrane dykkar spotta meg, trulause som dei var mot meg. Eg førte dei likevel inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei såg ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine gåver, som vekte min harme. Dit kom dei med offer som anga godt, og der rende dei ut sine drikkoffer. Då spurde eg dei: «Kva er det med den offerhaugen som de går til?» – Det heiter offerhaug den dag i dag. Difor skal du seia til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Vil de gjera dykk ureine på same måten som fedrane dykkar og i utruskap springa etter dei avskyelege gudane deira? Når de kjem med gåver og lèt borna dykkar gå gjennom elden, vert de enno i dag ureine ved alle avgudane dykkar. Og så skulle de få spørja meg til råds, de israelittar! Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt dykk ikkje spørja meg til råds. Det skal aldri henda, det som leikar i hugen dykkar, når de seier: «Vi vil vera som andre folk, som ættene rundt ikring i landa, og dyrka stokk og stein.» Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil rå over dykk med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp. Eg vil føra dykk bort frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde. Det vil eg gjera med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp. Så fører eg dykk til folkeøydemarka, og der vil eg halda dom over dykk, andlet til andlet. Liksom eg heldt dom over fedrane dykkar i øydemarka ved Egypt, såleis vil eg halda dom over dykk, lyder ordet frå Herren Gud. Eg lèt dykk gå framom under hyrdingstaven og fører dykk inn i ei bindande pakt. Eg skil ut frå dykk dei som er ulydige og reiser seg mot meg. Eg fører dei bort frå det framande landet der dei held til; men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de sanna at eg er Herren. Men de, israelittar, så seier Herren Gud: Kvar av dykk kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de sanneleg høyra på meg og aldri meir vanæra mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar. For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, seier Herren Gud, skal heile Israels-ætta tena meg, alle som er i landet. Der skal eg visa dei godvilje. Eg vil spørja etter offergåvene dykkar og etter fyrstegrøda som de ber fram, alt det de vier til Herren. For den gode offerangen skuld vil eg syna dykk godvilje når eg fører dykk bort frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde, og midt imellom dykk, for augo på dei andre folka, viser kor heilag eg er. De skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar. Der skal de minnast åtferda dykkar, alt de gjorde dykk ureine med. Og de skal kjenna avsky for dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt. De skal sanna at eg er Herren, når eg for mitt namn skuld handlar så med dykk og ikkje som de hadde fortent, Israels ætt, etter dykkar vonde ferd og skamlause gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg sørover, rett di forkynning mot sør og tal profetord mot skogen der i landet! Sei til skogen i sør: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set eld på deg, og han skal svi av kvart tre i deg, både dei friske og dei turre. Den logande elden skal ikkje slokna, men skambrenna kvart andlet frå sør til nord. Alle menneske skal sjå at det er eg, Herren, som har kveikt elden, og han skal ikkje slokna. Då sa eg: Å, Herre Gud! Dei seier om meg: «Han talar då alltid i likningar!» Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg mot Jerusalem, forkynn mot heilagdomen, og tal profetord mot Israels-landet! Sei til Israels-landet: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og rydjar ut både rettferdige og gudlause hjå deg. Fordi eg vil rydja ut både rettferdige og gudlause hjå deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot kvar skapning, frå sør til nord. Alle som lever, skal sanna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma dit att. Men du, menneske, skal stynja, medan det knakar i hoftene. Det skal gjera så vondt at du styn beint framfor augo på dei. Og når dei spør deg kvifor du styn, skal du svara: Fordi det kjem melding om noko som skal henda. Då vert kvart hjarta forskræmt, og alle hender vert slappe. Motet sviktar dei alle, og knea vert som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren: Eit sverd, ¬ja, eit sverd er kvesst og slipt, kvesst for å brukast til slakting, slipt for å blinka som lyn. – Eller skal vi gleda oss? Ætta til son min ¬vanvørder riset. – Sverdet vart gjeve til sliparen, for at han skulle ta det i handa. Så vart det kvesst og slipt for å gjevast til den ¬som skulle drepa. Skrik og hyl, du menneske! For sverdet skal råka mitt folk og alle Israels hovdingar. Dei er overlatne til sverdet saman med mitt folk. Difor skal du slå deg på hofta. For prøvinga kjem. Og kven skal ho råka om ikkje dei ¬som vanvørder riset? lyder ordet frå Herren Gud. Du menneske, tal profetord og slå i hop hendene! Både to og tre gonger ¬skal sverdet svingast. Det er eit sverd ¬som drep mange, eit veldig sverd ¬som gjev banesår; det trugar dei på alle kantar. Dei skal missa motet, og mange skal falla; ved alle portane deira set eg sverdet som høgg ned. Å ve, det er laga for å lyna, kvesst blankt for å slakta. Ver kvast og hogg til høgre og til venstre, dit egga di er vend. Då skal eg òg ¬slå hendene saman og stilla min harme. Eg, Herren, har tala. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar der vegane tek til, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til fast by. Attmed vegskilet, der dei to vegane byrjar, står babylonarkongen og tek varsel. Han kastar lodd med piler, spør husgudane til råds og ser på levra av offerdyr. I høgre handa får han loddet «Jerusalem». Der skal han reisa stormbukkar, opna munnen og la krigsropet ljoma, eit sterkt krigsrop. Han skal reisa stormbukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar. Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap. Difor seier Herren Gud: De minner sjølve om dykkar skuld, når dykkar brot vert openberre, så synda viser seg i alt de gjer. Fordi dette har vorte kjent om dykk, skal de takast til fange. Og du, gudlause ugjerningsmann, Israels fyrste, tida er komen då du skal få di endelege straff. Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Det skal ikkje lenger vera som det var. Gjer det låge høgt og det høge lågt! Eg legg alt i ruinar, berre ruinar. Det er ute med landet til dess han kjem, han som har retten til det. Han vil eg overlata det til. Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og spottorda deira: Eit sverd er drege for å slakta, eit sverd som er slipt ¬for å tyna og lyna. Medan du får falske syner og spådomar som er lygn, skal sverdet rettast mot halsen på gudlause menn ¬som må døy. No er deira time komen, den tid då dei får ¬si endelege straff. Stikk sverdet i slira att! På staden der du vart til, i landet som du er ætta frå, der vil eg døma deg. Eg lèt min harme ¬gå ut over deg og blæs min vreideeld ¬mot deg. Eg gjev deg over ¬til harde menneske, som er meistrar ¬til å øydeleggja. Du skal verta til føde for elden, ditt blod skal renna ¬midt i landet, og ingen skal minnast ¬deg meir. Eg, Herren, har tala. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Du menneske, vil du døma byen som har blodskuld? Då skal du la han få vita om all hans styggedom. Du skal seia: Så seier Herren Gud: Å, for ein by! Du lèt blodet renna i gatene, så di tid må koma, og lagar deg ufysne gudebilete, så du vert urein. Med blodet du lét renna, har du ført skuld over deg, og med gudebileta du laga, har du gjort deg urein. Du har laga det så at dagane dine nærmar seg, at tida kjem då åra dine tek slutt. Difor gjer eg deg til spott og spe for folkeslag, ja for folk i alle land. Både langt borte og nær ved skal folk spotta deg, du som har skjemt ut namnet ditt og er full av rådløyse. Sjå, Israels leiarar som er i deg, by, brukar alle si makt til å renna ut blod. Folket ditt vanvørder far og mor; dei gjer vald mot innflyttarane og er harde med farlause og enkjer. Heilagdomane mine vanvørder du, og kviledagane mine vanhelgar du. Det er folk i deg som baktalar andre og vil ta livet av dei. Dei et offerkjøt på haugane dine og gjer andre skamlause ting. Dei ligg med kona åt far sin og krenkjer kvinner som har si månadstid. Éin gjer skamlause ting med kona åt nesten sin, ein annan skjemmer sonekona si, og den tredje krenkjer syster si, som er dotter til hans eigen far. Somme tek imot pengar for å drepa menneske. Du tek renter og driv åger. Du gjer urett og vald mot nesten din. Men du gløymer meg, lyder ordet frå Herren Gud. No slår eg hendene saman fordi du har skaffa deg urett vinning, og fordi du har rent ut blod. Kan du halda motet oppe og ha styrke i hendene den dagen eg grip inn mot deg? Eg, Herren, har tala, og eg skal setja det i verk. Eg spreier deg mellom folkeslaga og strøyer deg ut i landa. Og eg friar deg heilt for ureinskapen din. Beint for augo på folkeslag vert du vanæra for det du har gjort. Då skal du sanna at eg er Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, for meg har israelittane vorte som slagg. Alle er dei som kopar, tinn, jern og bly i ein smelteomn. Som slagg mellom sølv har dei vorte. Difor seier Herren Gud: Fordi de alle har vorte som slagg, vil eg samla dykk i Jerusalem. Som ein samlar sølv, kopar, jern, bly og tinn i ein smelteomn og så kveikjer opp eld og smeltar det, så vil eg i min vreide og harme samla dykk, leggja dykk i omnen og smelta dykk. Når eg samlar dykk og lèt min vreideeld loga mot dykk, skal de smelta i den. Som sølvet smeltar i omnen, så skal de òg smeltast. Då skal de sanna at eg, Herren, har late min vreide gå ut over dykk. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, sei til Juda: Du er eit land som ikkje vart reinsa og ikkje fekk regn på vreidedagen. Leiarane dine likna brølande løver som reiv sund det dei hadde fanga. Dei slukte menneske, tok rikdom og dyre skattar og gjorde mange i landet til enkjer. Prestane der gjorde vald på mi lov og vanhelga mine heilagdomar. Dei gjorde ikkje skil på det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, og lærte ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lét att augo for kviledagane mine. Såleis vart eg vanhelga midt imellom dei. Stormennene i landet likna ulvar som riv sund sitt bytte. Dei lét blodet renna og tok menneskeliv for urett vinning skuld. Profetane strauk kalk på veggene for dei. Dei hadde falske syner og spådde lygn, når dei sa: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje hadde tala. Folket i landet gjorde vald og røva og rana. Dei var harde med armingar og fattigfolk, og i strid med lov og rett trælka dei innflyttarane. Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta øydelagt. Men eg fann ingen. Så lét eg min vreide gå ut over dei, gjorde ende på dei i min brennande harme. Eg lét dei få att for sine gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor. Dei levde utuktig i sin ungdom; dei dreiv hor i Egypt. Der tok dei på brysta deira og klemde deira jomfrubarm. Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem. Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne, statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest. Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira. Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne. Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter. Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne. Det såg Oholiba, syster hennar. Likevel vart ho endå verre enn systera i sine lyster og sitt utuktige liv. Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og styresmenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman. Eg såg at ho òg vart urein; begge gjekk dei same vegen. Men endå lenger dreiv ho si utukt. Ho fekk sjå nokre menn som var teikna på veggen, bilete av kaldearar, rita inn med raudt. Dei hadde belte om hoftene og hue som hang ned over hovudet. Alle såg ut som stridsmenn på vogner. Såleis var biletet av babylonarane, dei som har Kaldea til heimland. Då ho såg mennene, fekk ho lyst på dei og sende bod til Kaldea etter dei. Babylonarane kom til henne på elskhugslega og gjorde henne urein med si utukt. Men då ho såleis hadde vorte urein, vart ho inderleg lei av dei. Sidan ho dreiv si utukt så openbert og kledde seg naken, vart eg lei av henne, liksom eg før hadde vorte lei av syster hennar. Men endå lenger dreiv ho si utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt. No lengta ho etter horkarane der; dei hadde lem som esel og sæd som hestar. Du tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde barmen din og tok på dei unge brysta dine. Difor, Oholiba, seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du vart så inderleg lei av; eg lèt dei koma mot deg frå alle kantar: babylonarane, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge menn, statthaldarar og styresmenn alle saman, stridsmenn på vogner og høgvørde menn, alle til hest. Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Store skjold, små skjold og hjelmar retter dei mot deg frå alle kantar. Eg set dei til domarar, og dei skal døma deg etter sine lover. Eg lèt deg få kjenna min brennande vreide, og dei går laus på deg i harme. Nasen og øyro skjer dei av deg, og det som då er att av deg, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som enno er att av deg, skal elden øyda. Dei riv av deg kleda og tek dine smykke. Såleis gjer eg ende på di skamlause ferd og på det utuktige livet som du tok til med i Egypt. Du skal ikkje sjå etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir. For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg i hendene på dei du hatar, dei som du vart så inderleg lei av. Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du vann med ditt strev. Dei lèt deg liggja naken og berr, så din utuktige kropp vert synleg. Det er ditt skamlause horeliv som har fått slike fylgjer for deg; for du var trulaus og sprang etter andre folk og gjorde deg urein med avgudane deira. Du gjekk på same vegen som syster di; difor lèt eg deg drikka den same skåla som ho. Så seier Herren Gud: Skåla åt syster di skal du tøma, ho er både djup og vid. Då vert du til lått og spott; skåla rømer mykje. Du vert drukken og full av sorg; skåla åt Samaria, syster di, er ei uhyggjeleg skål ¬som øydelegg. Du må drikka henne ut ¬til siste dropen, tyggja på skålbrota og riva brysta dine sund. Eg har tala, lyder ordet frå Herren Gud. Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du få lida for di skamlause utukt. Herren sa til meg: Menneske, vil du døma Ohola og Oholiba? Då skal du la dei få vita om all sin styggedom. Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei dreiv hor med avgudane sine, og dei borna som dei hadde født åt meg, gav dei til føde for dei. Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga kviledagane mine. Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i min heilagdom og vanhelga han. Sjå, så bar dei seg åt i mitt hus! Ja, dei sende til og med bod etter menn som skulle koma langt bortanfrå. Og då det vart sendt bod etter dei, kom dei som du hadde lauga og sminka og pynta deg for. Du sat på ei briken lege. Eit bord stod duka framføre, og der hadde du sett fram den røykjelse og olje som eg skulle ha. Der inne høyrdest lyden av ei sorglaus mengd. Og til den store mengda av menn kom drikkebrør som vart henta frå øydemarka. Dei gav systrene armband på hendene og eit staseleg diadem på hovudet. Då sa eg om den utlevde skjøkja: «No driv dei sanneleg hor med henne att, ja med henne!» Dei gjekk inn til henne; som ein går til ei utuktig kvinne, så gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene. Men rettferdige menn skal døma dei, som ein dømer kvinner som bryt ekteskapet og tek liv. For horkvinner er dei, og det er blod på hendene deira. Så seier Herren Gud: Eg fører fram ein folkeskare mot dei og gjev dei over til mishandling og ran. Folkeskaren skal steina dei og hogga dei ned med sverd. Sønene og døtrene deira skal dei drepa, og husa skal dei brenna. Eg gjer ende på den skamlause utukta i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det og ikkje lenger driva hor som de. De må sjølve ta ansvaret for den skamlause åtferda dykkar og bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de sanna at eg er Herren Gud. Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i den tiande månaden, og det lydde så: Menneske, skriv opp for deg sjølv namnet på denne dagen. For nett i dag har babylonarkongen gått til åtak på Jerusalem. Fortel ei likning til dette trassige folket og sei til dei: Så seier Herren Gud: Set gryta over! Set henne over og slå vatn oppi! Legg kjøtstykke nedi, berre gode stykke av lår ¬og bog; fyll gryta med utvalde knokar! Ta av dei finaste sauene! Gjer så opp eld under gryta! Du skal koka kjøtstykka ¬i henne, jamvel knokane skal du koka. Så seier Herren Gud: Ve den blodige byen, gryta som har rusta, og som rustet ikkje går av. Ta stykke for stykke ¬ut or henne, utan at nokon kastar lodd ¬om dei. For det vart utrent blod ¬der i byen. Dei lét det renna ¬på nakne berget og slo det ikkje ut på bakken, så molda kunne dekkja det. For å gje harmen fritt løp, for å kunna ta hemn lét eg blodet renna ¬på nakne berget, så det ikkje skulle dekkjast til. Difor seier Herren Gud: Ve den blodige byen! Eg òg gjer bålet stort. Ta mykje ved og kveik opp eld! Kok kjøtet møyrt, ¬og slå suppa ut, så beina vert brende. Lat gryta stå tom på glørne, lat henne verta så varm ¬at koparen gløder. Så skal ureinskapen ¬smeltast ut or henne og rustet verta borte. Det har kosta strev og møde. Men elden tek ikkje bort ¬alt rustet. Fordi du vart urein ¬ved di skjemdarferd, og ikkje vart kvitt ¬din ureinskap endå eg ville reinsa deg, så skal du ikkje verta rein att før eg får stilt min harme ¬på deg. Eg, Herren, har tala, ¬og det skal henda; eg lèt ikkje vera å gjera det. Eg sparer ingen ¬og angrar ikkje. Etter di ferd og dine gjerningar skal dei døma deg, seier Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, sjå, med ein brå død tek eg frå deg den som dine augo har hugnad i. Men du skal ikkje klaga og gråta og ikkje fella tårer. Du skal berre sukka i stilla og ikkje halda syrgjehøgtid. Bind turbanen på deg og ta skor på føtene! Dekk ikkje til skjegget, og et ikkje syrgjebrød! Om morgonen tala eg til folket, og om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var føresagd. Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?» Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd. Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød. Bind turbanen om hovudet og ta skor på føtene! De må ikkje klaga og gråta. Men de skal visna bort i dykkar synder og stynja med kvarandre. Esekiel skal vera eit teikn for dykk. Nett som han har gjort, skal de gjera. Når dette hender, skal de sanna at eg er Herren Gud. Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det dei ser med glede, og det dei lengtar etter, sønene og døtrene deira, den dagen skal dei som slepp unna, koma til deg og fortelja om det. Den dagen, når flyktningane kjem, skal munnen din latast opp. Du skal ikkje lenger vera mållaus, men tala. Du skal vera eit teikn for dei, og dei skal sanna at eg er Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei! Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud: Så seier Herren Gud: Fordi du ropa spottord over heilagdomen min då han vart vanhelga, over Israels land då det vart lagt i øyde, og over Juda-ætta då ho laut fara i fangenskap, sjå, difor gjev eg deg over til austmennene, så dei kan ta deg i eige. Dei skal slå opp sine teltleirar i landet ditt og setja opp sine bustader der. Dei skal eta frukta di og drikka mjølka di. Eg gjer Rabba til beitemark for kamelar, ammonittlandet til kvilestad for småfe. Då skal de sanna at eg er Herren. Ja, så seier Herren Gud: Fordi du klappa i hendene, trappa med føtene og gledde deg over Israels land, med djup vanvørdnad i di sjel, difor retter eg ut handa mot deg og gjev deg til bytte for andre folk. Eg rydjar deg ut or folka, driv deg bort frå landa og gjer ende på deg. Då skal du sanna at eg er Herren. Så seier Herren Gud: Moab og Se’ir sa: «Sjå, det har gått med Juda som med alle andre folk.» Difor legg eg Moabs bergskråning open, så byane der, frå grensa av, går tapt, dei byane som er ein prydnad for folket: Bet-Jesjimot, Ba’al-Meon og Kirjatajim. Eg gjev dei over til austmennene, så dei kan ta dei i eige, såleis som eg gjer med ammonittane, så dei ikkje skal nemnast mellom folka meir. Over Moab vil eg òg halda dom, og då skal dei sanna at eg er Herren. Så seier Herren Gud: Fordi Edom tok hemn over Juda-ætta og med hemnen førte skuld over seg, difor seier Herren Gud: Eg vil retta ut handa mot Edom, rydja ut folk og fe or landet og gjera det audt. Frå Teman til Dedan skal dei falla for sverd. Eg vil la Israel, folket mitt, fullføra hemnen over Edom. Dei skal fara åt med Edom så som min vreide og harme krev, og dei skal få kjenna min hemn, seier Herren Gud. Så seier Herren Gud: Fordi filistarane tok hemn, ja hemnde seg med vanvørdnad i si sjel og herja og øydde på grunn av gamal fiendskap, difor seier Herren Gud: Eg retter ut handa mot filistarane; eg rydjar ut kretarane og gjer ende på resten av dei som bur utmed havet. Eg tek ein hard hemn over dei når eg tuktar dei i min harme. Og dei skal få sanna at eg er Herren, når eg lèt min hemn koma over dei. I det ellevte året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, Tyrus har sagt ¬om Jerusalem: «Ha-ha! ¬Folkeporten er sprengd; no er det eg som tek over. Eg vert rik, ¬medan han ligg aud.» Difor seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Tyrus. Eg fører mange folkeslag ¬mot deg, liksom havet ¬lèt bylgjene velta fram. Dei øydelegg murane ¬kring Tyrus og riv ned tårna der. Eg sopar bort moldjorda i byen og gjer han til eit nake berg. Han skal verta ein turkeplass ¬for garn der han ligg uti havet. For eg har tala, ¬seier Herren Gud. Han skal verta eit bytte ¬for andre folk, og i dotterbyane på fastlandet skal menneska verta drepne ¬med sverd. Dei skal få sanna ¬at eg er Herren. Ja, så seier Herren Gud: Eg lèt Babels konge, ¬Nebukadnesar, han som er konge over kongar, dra mot Tyrus frå nord, med hestar og vogner ¬og ryttarar og med ein veldig hær. I dotterbyane dine ¬på fastlandet skal han drepa folket ¬med sverd. Han skal byggja skansar, kasta opp ein voll ikring deg og reisa skjoldtak mot deg. Så støyter han stormbukken ¬mot murane dine og bryt tårna ned ¬med brekkjern. Han har så mange hestar at støvet frå dei ¬skal dekkja deg. Larmen av ryttarar og vognhjul skal få murane dine til å skjelva når han fer inn ¬gjennom portane dine, som ein dreg inn ¬i ein hærteken by. Med hovane av hestane sine trakkar han ned ¬alle gatene dine. Han drep ditt folk med sverd og styrtar dine sterke søyler ¬til jorda. Så røvar dei din rikdom og tek dine varer som bytte. Dei bryt ned dine murar og riv dine herlege hus. Steinar, bjelkar og grus kastar dei på sjøen. Då gjer eg slutt ¬på dine ståkande songar, dine lyrer ¬skal ikkje høyrast meir. Eg gjer deg til eit nake berg, du vert ein turkeplass for garn. Aldri skal du byggjast opp att. Eg har tala, lyder ordet frå Herren Gud. Så seier Herren Gud til Tyrus: Sanneleg, havsens strender ¬skal skjelva når du fell med bulder og brak, når dei som er gjennombora, ¬styn, og mange vert drepne i byen. Då skal alle fyrstane ved havet stiga ned frå sine troner, leggja bort sine kapper og ta av seg dei fargerike kleda. Dei vert gripne av redsle og set seg på jorda; dei skjelv kvar augneblink og fæler når dei ser deg. Så set dei i ¬med ein klagesong over deg: Å, at du har gått til grunne, har kvorve frå havet, ¬du lovpriste by! Byen og folket der ¬hadde makta på havet, spreidde redsle blant alle ¬som budde ikring. Strendene skjelv ¬den dagen du fell, øyane i havet vert gripne ¬av redsle fordi du fekk slik endelykt. For så seier Herren Gud: Når eg gjer deg til ein herja by, lik byar ¬som det ikkje bur folk i, når eg lèt storhavet stiga, så veldige vassmengder ¬dekkjer deg, då fører eg deg ned ¬med dei som går i grav, ned til folk som levde før. Eg lèt deg bu i landet der nede, som liknar ruinar ¬frå gamle dagar, saman med dei ¬som har gått i grav. Du skal ikkje koma att og få deg ein stad ¬i landet åt dei levande. Eg gjer deg til ei skræmsle, du skal ikkje meir vera til. Folk skal leita, ¬men aldri finna deg meir, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Du menneske, set i med ein klagesong over Tyrus! Sei til Tyrus som ligg der med ope tilgjenge til havet, og som handlar med folk på mange strender: Så seier Herren Gud: Tyrus, du har sagt ¬om deg sjølv: «Fullkomen er eg i venleik.» Midt uti havet ¬går dine grenser; dei som bygde deg, gjorde deg storfager. Av sypressar frå Senir laga dei alle dine plankar; sedrar henta dei frå Libanon og bygde deg ei mast. Årane dine laga dei av store tre frå Basan og stamnen, ¬innlagd med elfenbein, av sypressar ¬frå kittearstrendene. Seglet, ¬som skulle vera ditt merke, var av fargerikt lin frå Egypt, og taket i kahytta av purpur, raudt og fiolett, ¬frå Elisja-strendene. Folk frå Sidon og Arvad var rorskarar hjå deg, Tyrus, og dei mest dugande ¬mennene dine hadde du til styrmenn. Gamle og kunnige menn ¬frå Byblos var hjå deg ¬og bøtte skadane dine. Alle skip på havet ¬og sjømennene om bord kom til deg og bytte varer. Menn frå Persia, Lud og Put gjorde teneste i hæren din. Skjold og hjelmar ¬hengde dei opp hjå deg, og dei kasta glans over deg. Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager. Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly. Javan, Tubal og Mesjek dreiv handel med deg. Dei gav deg trælar og bronsekar i byte. Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine. Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt. Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar. Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte. Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar. Dan og Javan gav deg varer frå Usal for det dei kjøpte av deg. Smijern, kanel og kalmus fekk du i byte. Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe. Arabarane og alle hovdingane i Kedar dreiv oppkjøp hjå deg. Lam og verar og bukkar gav dei deg i byte. Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine. Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg. På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast. Tarsis-skip ¬var dine handelskaravanar. Du var fylt av varer ¬og tungt lasta når du drog langt til havs. Dine rorskarar førte deg ¬i mange farvatn. Men så kjem stormen frå aust og knuser deg der ute på havet. Ditt gods ¬og dine handelsvarer, dine sjømenn ¬og dine styrmenn, dei som bøtte skadane dine, dine handelsmenn ¬og alle dine krigarar, heile mannskapet ¬som du hadde om bord, søkk i havet ¬den dagen du går under. Når styrmennene skrik ¬i si naud, må beitemarkene skjelva. Alle rorskarar ¬stig ut or sine skip, kvar sjømann, ¬kvar styrmann går i land. Dei set i og ropar høgt og klagar bittert over deg; dei kastar jord på hovudet og velter seg i oska. For di skuld ¬rakar dei seg snaue og bind syrgjeklede om seg. Med sorg i hugen græt dei og klagar bittert over deg. Dei set i med likklage og syng ein syrgjesong ¬over deg: Kven har vorte tagal ¬som Tyrus, der han ligg midt uti sjøen? Når varene dine ¬kom inn frå havet, metta du mange folkeslag. Med alt ditt gods ¬og alle dine varer gjorde du kongar på jorda rike. No er du knust ¬og sokken i havet; varene dine ¬og alt ditt mannskap har gått til grunne med deg. Alle som bur ¬på havsens strender, fæler når dei tenkjer på deg; kongane deira ¬er stive av skrekk og bleike i andletet av redsle. Kjøpmenn i andre land ¬spottar deg. Du har vorte til skrekk og gru; borte er du for alltid. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, sei til fyrsten i Tyrus: Så seier Herren Gud: Hovmodig er ditt hjarta når du seier: «Eg er ein gud og sit på eit gudesete ¬uti havet.» Du er berre eit menneske ¬og ikkje ein gud, likevel kjenner du deg ¬som ein gud. Sjå, du er visare enn Daniel, ingen løyndom er duld for deg. Med visdom og vit ¬har du vunne deg rikdom; i dine skattkammer ¬har du samla gull og sølv. Med din store klokskap ¬i handel auka du din rikdom; men rikdomen ¬gjorde deg hovmodig. Difor seier Herren Gud: Fordi du kjenner deg ¬som ein gud, sjå, difor sender eg mot deg framande folkeslag ¬som ikkje tek omsyn. Trass i din storslegne visdom dreg dei sverdet mot deg og vanhelgar deg ¬i din strålande glans. Dei støyter deg ned i grava; midt uti havet skal du døy lik folk som vert slegne i hel. Vil du då seia at du er ein gud, andlet til andlet ¬med dine drapsmenn? Du er ingen gud, ¬men berre eit menneske i hendene på dine banemenn. Som dei uomskorne ¬skal du døy for handa åt framande. For eg har tala, ¬seier Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han: Så seier Herren Gud: Du var seglet på det fullkomne, full av visdom og venleik. Du budde i Eden, Guds hage, og var dekt ¬med alle slag dyre steinar: rubin, topas og diamant, krysolitt, karneol og jade, safir, turkis og smaragd. Dine handtrommer og smykke var innlagde med gull; dei vart laga den dagen du vart fødd. Eg gjorde deg til ein strålande, ¬vernande kjerub. Du var på det heilage ¬gudefjellet, og gjekk ikring ¬mellom glitrande steinar. Frå den dagen du vart fødd, var du heil i di ferd, til dess det vart funne urett ¬hjå deg. Din store handel ¬førte med seg at du vart fylt av vald ¬og tok til å synda. Då dreiv eg deg bort ¬frå gudefjellet og gjorde ende på deg, du vernande kjerub, mellom dei glitrande steinane. Din venleik ¬gjorde deg hovmodig, og fordi du var så strålande, øydde du din visdom. Då kasta eg deg til jorda og gav deg over til kongar, så dei kunne sjå på deg ¬med lyst. Med all di skuld ¬og din urett i handel vanhelga du dine heilagdomar. Så sende eg eld imot deg, og han gjorde ende på deg. Eg lét deg verta til oske ¬på jorda for augo på alle som såg deg. Alle som kjende deg ¬ute mellom folka, fælte då dei såg deg. Du har vorte til skrekk og gru, og borte er du for alltid. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon; eg vil visa mi guddomsmakt ¬på deg. Folket skal sanna ¬at eg er Herren, når eg held dom over byen og der viser kor heilag eg er. Eg sender pest over byen og lèt blodet renna i gatene. Menn vert drepne, ¬dei fell for sverd som vert rette mot byen ¬frå alle kantar. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren. Israelittane ¬skal ikkje lenger plagast av taggar som stikk ¬og klunger som svir, av grannefolk ¬som vanvørder dei. Dei skal sanna at eg er Herren. Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min. Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud. I det tiande året, den tolvte dagen i den tiande månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og mot heile Egypt og sei: Så seier Herren Gud: No kjem eg imot deg, farao, konge over Egypt, du store sjøuhyre som ligg midt i elvane dine, du som seier: «Nilen er min, det er eg som har skapt han.» Eg set krokar i dine kjakar og lèt all fisken i Nilen hanga fast i dine skjel. Så dreg eg deg opp or Nilen saman med all fisken i elva som heng fast i dine skjel. Eg kastar deg ut i øydemarka med all den fisken ¬som var i Nilen. Der vert du liggjande ¬på marka; du skal aldri samlast ¬eller sankast meir. Eg gjev deg til føde for dyra ¬på marka og for fuglane ¬under himmelen. Då skal alle som bur i Egypt, sanna at eg er Herren. Du har vore ei støtte av sev ¬for Israel, difor vert du knekt ¬når dei tek deg i handa, men du kløyver handa ¬på dei alle. Når dei stør seg på deg, ¬bryt du saman, men du får alle hofter ¬til å skjelva. Difor seier Herren Gud: Sjå, no sender eg sverd ¬imot deg og rydjar ut både folk og fe. Egypt skal verta audn ¬og øydemark, og folket skal sanna ¬at eg er Herren. Fordi du har sagt: ¬«Nilen er min, det er eg som har skapt han,» difor går eg mot ¬både deg og Nilen og gjer Egypt til audn ¬og øydemark, uhyggjeleg aud ¬frå Migdol til Syene, ja, til grensa mot Nubia. Der skal ikkje eit menneske ¬setja sin fot, ikkje eit dyr skal fara ikring; landet skal liggja ubygt ¬i førti år. Eg gjer Egypt til ei øydemark mellom land ¬som er aude og tome, og byane der ¬skal liggja uhyggjeleg aude mellom andre ruinbyar ¬i førti år. Eg spreier egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ¬kringom i landa. Men så seier Herren Gud: Når førti år er lidne, vil eg samla egyptarane frå folka ¬dei er spreidde imellom. Eg vender lagnaden ¬for egyptarane og fører dei attende til Patros, det landet dei kom ifrå, og der skal dei vera eit lite rike. Det skal vera mindre ¬enn andre rike og skal ikkje lenger lyfta seg over dei andre folka. Eg lèt dei verta så få i talet at dei ikkje kan rå ¬over folkeslag. For Israels ætt ¬skal dei aldri meir vera ei livd som minner meg om den synd dei gjer når dei fylgjer Egypt. Dei skal sanna ¬at eg er Herren Gud. I det tjuesjuande året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babylonia, har late hæren sin streva hardt mot Tyrus. Kvart hovud er skallet, og skinnet er avslite på kvar aksel. Men korkje han eller hæren hans har fått løn av Tyrus for alt sitt strev. Difor seier Herren Gud så: Sjå, no gjev eg Egypt til babylonarkongen Nebukadnesar. Han skal føra bort rikdomen der, røva og rana og ta hærfang, og det skal hæren hans ha i løn. Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg, lyder ordet frå Herren Gud. Den dagen lèt eg eit horn veksa fram for Israels-ætta. Og eg lèt deg opna munnen midt imellom dei. Då skal dei sanna at eg er Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud: Klag og rop: Å, for ein dag! Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær. Det er ein dag ¬med mørke skyer, ei tid med dom over folkeslag. Det kjem eit sverd mot Egypt. I Nubia skal folket skjelva ¬av angst når egyptarar vert drepne ¬og fell, når rikdomen deira vert teken og grunnmurane ¬vert nedrivne. Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud, alt blandingsfolket ¬og libyarane, og menn i landet ¬som dei har pakt med, skal falla for sverd ¬saman med dei. Så seier Herren: Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla, deira stolte makt ¬skal bryta saman; frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd, lyder ordet frå Herren Gud. Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land, og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren, når eg set eld på Egypt, og alle som hjelper landet, ¬vert knuste. Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad, dei dreg ut på skip for å skræma ¬dei trygge nubiarane. Dei skal skjelva av angst når dagen kjem for Egypt. Ja sjå, han kjem! Så seier Herren Gud: Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt. Han og folket hans med han, dei verste valdsmenn ¬mellom folka, skal koma dit og herja landet. Dei skal dra sine sverd ¬mot Egypt og fylla landet med drepne. Eg lèt elvane turka ut og sel landet til vonde menn. Både det og alt som er i det, lèt eg framande øydeleggja. Eg, Herren, har tala. Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på avgudane, rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof; det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt. Såleis spreier eg redsle i landet. Eg legg Patros i øyde, set eld på Soan og held dom over No. Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin, den sterke festningsbyen ¬i Egypt, og rydjar ut folkehopen i No. Når eg set eld på Egypt, må Sin vri seg og skjelva. No vert storma av fiendar, og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen. Dei unge menn i On ¬og Pi-Beset skal falla for sverd, dei andre må fara ¬i fangenskap. I Takpanhes vert dagen mørk; der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt, så den stolte makta i landet ¬tek slutt. Mørke skyer ¬skal liggja over byen, døtrene der ¬må fara i fangenskap. Eg fullfører domen over Egypt, og dei skal sanna ¬at eg er Herren. I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, eg har brote armen på farao, kongen i Egypt. Sjå, ingen har fetla han, så han kan verta frisk att. Ingen har lagt forbinding ¬på han, så han vert sterk nok ¬til å gripa sverdet. Difor seier Herren Gud: No går eg mot farao, ¬kongen i Egypt. Eg vil knekkja armane hans, både den sterke og den brotne, og sverdet slår eg ¬or handa hans. Så spreier eg egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ut i landa. Eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke og gjev han sverdet mitt ¬i handa; men armen til farao bryt eg, så han ligg for hans føter og styn med banesår. Når eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke, men lèt faraos armar siga, då skal de sanna ¬at eg er Herren. For eg legg mitt sverd ¬i babylonarkongens hand, og han retter det mot Egypt. Når eg spreier egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ut i landa, då skal dei sanna ¬at eg er Herren. I det ellevte året, den fyrste dagen i den tredje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, tal til farao, kongen i Egypt, og til folkehopen der: Kven liknar du i din stordom? Sjå på Assyria! Det var som ein seder ¬på Libanon, med fagre greiner, ¬høg av vokster, som ein skuggefull skog. Krona rakk opp ¬mellom skyene. Vatnet fekk sederen til å veksa, vatnet i djupet gjorde han høg. Det hadde sine årer rundt staden der han ¬var planta, og rann i bekker ¬til alle tre på marka. Difor vart sederen høgare enn alle andre tre på marka. Greinene vart mange ¬og kvistene lange, fordi han fekk rikeleg med vatn og breidde seg utover. Alle slag fuglar ¬under himmelen bygde seg reir ¬i greinene på sederen; alle dyr på marka fødde sine ungar ¬under lauvverket hans; og i skuggen av treet heldt mange folkeslag til. Sederen vart stor og fager med sine lange greiner; for røtene nådde så langt ned at dei fekk rikeleg med vatn. Ingen seder i Guds hage kunne mæla seg med han; ingen sypress ¬hadde slike greiner og ingen platan så rikt lauvverk. Det fanst ikkje eit tre ¬i Guds hage som var så fagert som han. Så fager hadde eg gjort han med ein rikdom av greiner at alle Eden-tre i Guds hage vart avundsjuke på han. Difor seier Herren Gud: Fordi sederen vart så høg av vokster at han tøygde krona si opp mellom skyene, og fordi han vart stolt av sin stordom, gav eg han over til hovdingen over folka, så han kunne gjera med han etter hans vondskap og driva han bort. Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja. På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka. Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav. Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han. Eg lét han falla med slikt brak at folkeslag skalv, då eg førte han ned til dødsriket saman med dei som går i grav. I landet der nede fekk dei trøyst, alle dei likaste Eden-trea, alle dei beste på Libanon, som saug til seg vatn. Dei òg laut fara til dødsriket saman med sederen, ned til dei som var falne for sverd. Og dei som heldt til i skuggen av treet, vart strøydde ut mellom folkeslaga. Kven er du då lik mellom trea i Eden i herlegdom og høgd? Saman med Eden-trea skal du støytast ned til dødsriket. Der skal du liggja mellom uomskorne, mellom dei som er drepne med sverd. Så går det med farao og heile hans hop, lyder ordet frå Herren Gud. I det tolvte året, den fyrste dagen i den tolvte månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, set i med ein klagesong over farao, kongen i Egypt, og sei til han: Tagal har du vorte, ¬du løve mellom folka. Du var som eit sjøuhyre ¬i havet, frøsande fór du i elvane dine. Du grumsa til vatnet ¬med føtene og rota opp gjørme i elvane. Så seier Herren Gud: No breier eg garnet mitt ¬over deg medan mange folk er samla, og dei skal dra deg opp ¬med nota. Eg slengjer deg opp på land og kastar deg ut over marka. Eg lèt alle slag fuglar ¬slå seg ned på deg, alle dyr på jorda ¬metta seg av deg. Eg legg kjøtet ditt på fjella og fyller dalane ¬med kroppen din. Så vatnar eg jorda ¬med væska frå deg, med blodet som renn på fjella, og fyller bekkefara. Når eg lèt deg slokna, ¬dekkjer eg himmelen, og stjernene kler eg i svart. Over sola breier eg skyer, og månen skin ikkje meir. Kvart ljos ¬som lyser på himmelen, lèt eg svartna for di skuld; eg sender mørker over landet, lyder ordet frå Herren Gud. Eg gjer mange folk urolege når eg tek fangar hjå deg og fører dei ut ¬mellom folkeslaga, til land du ikkje kjenner. Eg lèt mange folk ¬verta skræmde over deg, kongane deira skal fæla når eg svingar sverdet ¬framfor dei. Kvar augneblink ¬skal dei skjelva for sitt liv den dagen du fell. Ja, så seier Herren Gud: Babylonarkongens sverd ¬skal koma over deg. Din hop lèt eg falla ¬for kjempers sverd, alle er dei hardare ¬enn andre folk. Dei herjar det egyptarane ¬er stolte av, heile hopen vert utrudd. Alt feet der gjer eg ende på, det vert borte ¬frå dei store vassdrag, som ikkje lenger ¬skal grumsast til av menneskefot ¬eller dyreklauver. Så gjer eg vatnet klårt og reint, og elvane lèt eg renna som olje, lyder ordet frå Herren Gud. Når eg gjer Egypt ¬til ei øydemark, så landet ligg audt og tomt, når eg slår ned alle ¬som bur der, då skal dei sanna ¬at eg er Herren. Dette er ein klagesong, og som ein klagesong skal han syngjast. Kvinnene rundt i landa skal syngja han. Om Egypt og heile hopen der skal klagesongen lyda, seier Herren Gud. I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei! Mektige menn må fara til landet djupt der nede, saman med dei som går i grav. Kanskje du er betre enn andre? Stig ned og legg deg ¬hjå uomskorne! Egyptarane skal falla mellom menn ¬som vert drepne med sverd. Sverdet er drege og lyft mot landet og heile hopen der. Nede frå dødsriket ¬skal sterke kjemper seia om farao ¬og hans hjelpesmenn: «No har dei fare ned og lagt seg mellom uomskorne, ¬drepne med sverd.» Der er Assur ¬og heile hans fylking rundt ikring hans grav. Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd og fekk sine graver inst i hola. Fylkinga ligg der ¬rundt ikring hans grav. Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd, dei som spreidde redsle ¬ikring seg medan dei levde. Der er Elam og heile hans hop rundt ikring hans grav. Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd; uomskorne fór dei til landet djupt der nede, dei som spreidde redsle ¬ikring seg medan dei levde. No må dei bera si vanære saman med dei ¬som gjekk i grav. – Midt imellom drepne ¬fekk han si lege og heile hopen rundt ¬hans grav. Alle er uomskorne; dei vart drepne med sverd, for det fylgde redsle med dei medan dei levde. No må dei bera si vanære saman med dei ¬som gjekk i grav. Midt imellom drepne ¬vart dei lagde. – Der er Mesjek og Tubal ¬med heile deira hop rundt ikring hans grav. Alle er uomskorne; dei vart drepne med sverd, for det fylgde redsle med dei medan dei levde. Dei ligg ikkje mellom kjempene som fall i gamle dagar og fór ned til dødsriket med sine krigsvåpen. Deira sverd vart lagde ¬under hovudet på dei. Deira synd og skuld låg tungt på deira bein. For det fylgde redsle ¬med kjempene medan dei levde. Du òg skal verta knust ¬mellom uomskorne og liggja hjå dei ¬som er drepne med sverd. Der er Edom med sine kongar og alle sine hovdingar, dei som trass i all si heltekraft må liggja mellom dei som fall for sverd. Dei skal liggja hjå dei uomskorne, hjå dei som steig ned i grava. Der er alle fyrstane frå nord og alle dei frå Sidon, som trass i den redsla dei spreidde, laut fara ned med dei falne. Med all si heltekraft vart dei til skammar. Der ligg dei uomskorne hjå dei som vart drepne med sverd. No må dei bera si vanære saman med dei som gjekk i grav. Farao skal sjå dei og finna trøyst etter tapet av heile sin hop. Farao og heile hans hær skal verta drepne med sverd, seier Herren Gud. For eg lét det stå skrekk av han medan han levde. No skal farao og heile hans hop få si lege mellom uomskorne, hjå dei som vart drepne med sverd, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann. Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket. Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død. Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet. No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død. Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. Når eg seier til ein gudlaus mann: «Du skal sanneleg døy», og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død. Men åtvarar du han mot hans gudlause liv for at han skal venda om, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy fordi han har synda. Men du har berga livet. Du menneske, sei til Israels-ætta: De tenkjer som så: «Fordi vår synd og skuld ligg tungt på oss, visnar vi bort. Korleis kan vi då leva?» Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil ikkje at den gudlause skal døy, men at han skal venda om frå si vonde ferd og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde ferd! Kvifor vil de døy, de israelittar? Du menneske, sei til landsmennene dine: Når den rettferdige syndar, kan hans rettferd ikkje berga han. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap, skal hans vondskap ikkje fella han. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd når han syndar. Om den rettferdige seier eg: «Han skal leva.» Men lit han på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans velgjerningar vera gløymde. Han skal døy på grunn av den uretten han har gjort. Om den gudlause seier eg: «Han skal døy.» Men så vender han kanskje om frå si synd og gjer rett og rettferd. Han gjev att det pant han har teke, gjev vederlag for det han har røva, og fylgjer dei føreskrifter som gjeld for livet, så han ikkje gjer urett. Då skal han ikkje døy, men leva. Ikkje ei av dei syndene han har gjort, skal leggjast han til last. Når han gjer rett og rettferd, skal han leva. No vil vel landsmennene dine seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men det er deira eiga åtferd som ikkje er rett. Når den rettferdige gjev opp si rettferd og gjer urett, då skal han døy. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han leva. Og endå seier de at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil døma dykk, israelittar, etter det kvar og ein har gjort. I det tolvte året etter at vi vart bortførte, den femte dagen i den tiande månaden, kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.» Kvelden før flyktningen kom, hadde Herrens hand kome over meg. Og før han kom til meg om morgonen, opna Herren munnen min. Då munnen vart opna, var eg ikkje mållaus lenger. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, dei som bur mellom ruinane der borte i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre ein, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.» Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, lyfter augo til avgudane og lèt det renna blod. Og så skulle de få eiga landet! De set dykkar lit til sverdet, gjer stygge ting og krenkjer konene åt kvarandre. Og de skulle få eiga landet! Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Dei som bur mellom ruinane, skal falla for sverd; den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i fjellborgene og holene, skal døy i pest. Eg gjer landet audt og øyde, og det vert slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude; ingen skal ferdast der. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjer landet audt og øyde fordi dei har fare med så mykje styggedom. Men du menneske, landsmennene dine som talar saman om deg frammed murane og i husdørene, dei seier til kvarandre: «Kom, så skal de få høyra kva det er for eit ord som kjem frå Herren.» Så går folket mitt til deg i flokk og fylgje, set seg framfor deg og høyrer på orda dine; men dei lever ikkje etter dei. Det er lygn i deira munn, og dei trår etter urett vinning. Ja, du er for dei lik ein mann som syng kjærleikssongar med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei. Men når det kjem – og koma skal det, då skal dei sanna at ein profet har vore midt imellom dei. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, tal profetord mot Israels hyrdingar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Ve Israels hyrdingar, som berre syter for seg sjølve! Er det ikkje saueflokken dei skal syta for? Mjølka brukar de til mat, ulla tek de til klede, og gjøfeet slaktar de; men sauene gjæter de ikkje. De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt. Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr. Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei. Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord! Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine. Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde. Så seier Herren Gud: Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ha tilsyn med dei. Liksom ein gjætar er mellom sauene og tek seg av dei den dagen dei vert spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til den mørke og skytunge dagen då dei vart spreidde. Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella, i dalane og kvar dei elles bur i landet. På gode beitemarker vil eg gjæta dei; på Israels høge fjell skal dei ha sin hamnegang. Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg på grøne vollar og gå på feite beite. Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud. Dei bortkomne vil eg leita opp, og dei som er drivne frå kvarandre, vil eg samla. Dei skadde vil eg binda om, og dei sjuke vil eg styrkja. Dei feite og sterke vil eg vakta og gjæta på rett vis. De som høyrer flokken min til, seier Herren Gud, no vil eg skifta rett mellom sauene og mellom verar og bukkar. Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned det som står att i beitemarka dykkar? Og er det ikkje nok at de får drikka det klåre vatnet, om de ikkje skal grumsa til resten med føtene? Skal sauene mine eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til? Difor seier Herren Gud: Sjå, eg vil skifta rett mellom dei feite og dei magre sauene. Sidan de trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna, til de får spreitt dei og drive dei ut, så vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje meir verta til rov. Såleis vil eg skifta rett mellom dei. Eg vil setja éin hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei. Han skal gjæta dei og vera hyrdingen deira. Eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala. Så gjer eg ei fredspakt med dei. Eg rydjar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i øydemarka og sova i skogane. Eg lèt både dei og landet ikring min haug, verta velsigna. Eg sender regn i rett tid, regn som vert til velsigning. Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i landet. Dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og bergar dei frå folk som held dei i trældom. Dei skal ikkje lenger verta eit bytte for folka, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skræma dei. Då steller eg til ein hage som vert til berging for dei. No skal ingen i landet rivast bort av svolt, og dei skal aldri meir måtta tola spott frå dei andre folka. Då skal dei sanna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israel, seier Herren Gud. De, sauene mine, flokken som eg gjæter, de er berre menneske, men eg er dykkar Gud, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg mot Se’ir-fjellet og tal profetord mot det! Sei til det: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, ¬Se’ir-fjell; eg retter ut handa mot deg og gjer deg audt og øyde. Byane dine legg eg i røys, og sjølv skal du verta ei audn. Då skal du sanna ¬at eg er Herren. Fordi du bar ¬på eldgamal fiendskap, gav du Israels søner til sverdet den tid ulukka kom over dei, og dei fekk si endelege straff. Difor, så sant eg lever, lèt eg deg blø, ¬seier Herren Gud, og blod skal forfylgja deg. Du rende ut blod og førte over deg skuld, difor skal blodet ¬sanneleg forfylgja deg. Eg gjer Se’ir-fjellet audt ¬og øyde og rydjar ut dei ¬som ferdast der. Eg fyller fjella der med drepne. På alle haugar, ¬i dalar og bekkefar fell menn som vert drepne ¬med sverd. Eg gjer deg til ei evig audn, byane dine ¬skal liggja folketome. Då skal de sanna ¬at eg er Herren. Fordi du sa: «Dei to folka og dei to landa skal verta mine; vi tek dei jamvel om Herren er der,» difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, eg vil gjera med deg som du har fortent etter den vreide og iver du viste i ditt hat mot dei. Eg vil gjera meg kjend hjå deg når eg dømer deg. Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Dei ligg aude; vi har fått dei til livberging.» De tala i hovmod og bruka mange ord imot meg. Eg har nok høyrt det. Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei audn. Fordi du gledde deg då Israels arveland vart lagt i øyde, lèt eg det same henda med deg. Se’ir-fjellet og heile Edom skal verta ei audn. Då skal dei sanna at eg er Herren. Du menneske, tal profetord mot Israels-fjella og sei: Høyr Herrens ord, de Israels-fjell! Så seier Herren Gud: Fienden har ropa spottord mot dykk og sagt: «Dei gamle haugane har vorte vår eigedom.» Difor skal du tala profetisk: Så seier Herren Gud: Fordi dei øydela og sette feller for dykk på alle kantar, så de har vorte ein eigedom for andre folkeslag, ja, fordi de er komne på folkemunne og har fått uord på dykk mellom folka, difor, de Israels-fjell, høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane, til røysane på dei aude tuftene og til dei folketome byane, som har vorte røva og spotta av dei andre folka rundt ikring, ja, så seier Herren Gud: Sanneleg, eg talar i min brennande, glødande iver mot dei andre folkeslaga og mot alle edomittane. Med stor glede og djup vanvørdnad gjorde dei landet mitt til sin eigedom, så dei kunne driva ut folket og plyndra det. Difor skal du tala profetord om Israels jord og seia til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Så seier Herren Gud: Sjå, eg talar i min brennande iver og harme, fordi de må tola andre folks spott. Difor seier Herren Gud: Eg lyfter mi hand og lovar at dei folka som bur ikring dykk, skal bera si vanære. Men de, Israels-fjell, skal få greiner og bera frukt for Israel, folket mitt. For dei kjem snart. Sjå, eg kjem til dykk og vender meg til dykk; no skal de verta dyrka og tilsådde. Eg lèt det verta folksamt på dykk når heile Israels-ætta kjem. I byane skal det bu folk, og det som ligg i røys, skal byggjast opp att. Eg lèt både folk og fe aukast hjå dykk. Dei skal veksa og aukast. Eg lèt det bu folk hjå dykk som i gamle dagar, og eg gjer vel imot dykk, meir enn i den fyrste tid. Då skal de sanna at eg er Herren. Eg lèt menneske, mitt folk Israel, ferdast over dykk. Dei skal leggja deg, land, under seg, så du vert deira eigedom. Og du skal aldri meir gjera dei barnlause. Så seier Herren Gud: Dei seier at du er ein menneskeetar som tek borna frå ditt eige folk. Difor seier Herren Gud: Du skal ikkje eta menneske meir og ikkje ta borna frå folket ditt. Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå andre folkeslag, og du skal ikkje måtta tola at folk hånar deg, når du ikkje meir tek borna frå folket ditt, lyder ordet frå Herren Gud. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med sitt liv og sine gjerningar. Deira åtferd var for meg som ureinskapen hjå kvinna når ho har sine tider. Så lét eg harmen min gå ut over dei fordi dei rende ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine. Eg spreidde dei mellom folkeslaga; dei vart strøydde ut i landa. Eg dømde dei etter deira liv og gjerningar. Men kva folk dei så kom til, vanæra dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, og likevel laut dei fara ut or landet hans.» Det gjorde meg vondt for mitt heilage namn, som israelittane hadde vanæra mellom folkeslaga dei kom til. Difor skal du seia til israelittane: Så seier Herren Gud: Når eg grip inn, de israelittar, gjer eg det ikkje for dykkar skuld, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanæra mellom dei folka de kom til. Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanæra mellom folka, ja, som de vanæra mellom dei. Folkeslaga skal sanna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg midt imellom dykk, beint framfor augo deira, viser kor heilag eg er. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. Og eg skvetter reint vatn på dykk, så de vert reine. For all ureinskapen som kjem frå dei mange avgudane, vil eg reinsa dykk. Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei. Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. Eg friar dykk for all dykkar ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg lèt ikkje hungersnaud koma over dykk. Eg gjev mykje frukt på trea og stor avling på marka. Så skal de ikkje meir møta spott mellom folka fordi de svelt. Då skal de tenkja på dykkar vonde ferd, på alt de gjorde som ikkje var godt. De skal kjenna avsky for dykk sjølve, fordi de synda og gjorde så mykje stygt. Det er ikkje for dykkar skuld eg grip inn, det skal de vita, seier Herren Gud. De må blygjast og skjemmast av åtferda dykkar, de israelittar. Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk for alle syndene dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og det som ligg i røys, skal byggjast opp att. Jord som har lege brakk, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei audn for alle som fer framom. Då skal dei seia: Den jorda der som låg aud, har vorte som hagen i Eden. Og byane som var herja, øydelagde og nedrivne, ligg der no som faste borger. Dei folka som enno er att rundt ikring dykk, skal sanna at eg, Herren, har bygt opp det som var nedrive, og planta der jorda låg brakk. Eg, Herren, har tala og vil gjera det. Så seier Herren Gud: Endå ei bøn vil eg høyra og oppfylla for Israels-ætta: Eg gjer folket talrikt som ein saueflokk. Som flokken av offerdyr, som sauene i Jerusalem på høgtidsdagane, så skal ei mengd med menneske fylla dei byane som låg i røys. Og dei skal sanna at eg er Herren. Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.» Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær. Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Du menneske, ta deg ein stav og skriv på han: «For Juda og brørne hans mellom israelittane.» Ta så ein annan stav og skriv på han – på Efraims stav: «For Josef og alle brørne hans mellom israelittane.» Set dei saman, så dei vert til éin stav i handa di. Når så landsmennene dine spør: «Vil du ikkje la oss få vita kva du meiner med dette?» då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og brørne hans, Israels-ættene, og set han saman med Judas stav. Så gjer eg dei til éin stav; dei vert til eitt i handa mi. Stavane som du skriv på, skal du halda i handa framfor augo på dei. Og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land. Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folk og ikkje meir vera delte i to kongerike. Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane og all styggedomen og med alle ugjerningane sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. Min tenar David skal vera konge over dei, og alle skal dei ha ein og same hyrdingen. Dei skal fylgja mine lover og ta vare på mine føreskrifter, så dei lever etter dei. Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Både dei og borna og barneborna deira skal bu i det gjennom alle tider, og David, tenaren min, skal vera deira fyrste for alltid. Eg gjer ei fredspakt med dei; ei evig pakt skal det vera. Eg lèt dei busetja seg og auka i tal, og eg reiser min heilagdom mellom dei for alltid. Min bustad skal vera mellom dei. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, som helgar Israel, når min heilagdom er mellom dei for alltid. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal. Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd. Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm. Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg. Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei. Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt. Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg. Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar. Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.» Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?» Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: På den tid, når Israel, folket mitt, bur trygt, vil du ikkje då ta ut og koma frå landet ditt lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær? Du dreg opp mot Israel, folket mitt, lik ei sky som ligg over landet. Det skal henda i dei siste dagar, då fører eg deg mot landet mitt, så folkeslaga skal læra meg å kjenna, når eg på deg, Gog, midt framfor augo deira, viser kor heilag eg er. Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? Dei tala den gongen om at eg skulle føra deg mot Israel. Men når den tid kjem, når Gog går mot Israels-landet, då skal harmen stiga opp i meg, lyder ordet frå Herren Gud. I min brennande iver og glødande harme seier eg: Den dagen skal det koma eit sterkt jordskjelv over Israels-landet. Då skal alle skjelva for meg: fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på bakken, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, bergveggene skal rasa ned og alle murane jamnast med jorda. Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre. Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han. Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren. Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal. Eg fører deg ikring og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og leier deg mot Israels-fjella. Der slår eg bogen ut or venstre handa di og lèt pilene detta ut or den høgre. På Israels-fjella skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slag rovfuglar og for dyra på marka. På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud. Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på øyane. Dei skal få sanna at eg er Herren. Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn verta vanæra. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, den heilage i Israel. Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Det er den dagen eg har tala om. Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år. Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud. Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal». I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa. Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud. Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter. Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal». Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet. Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod, eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle. Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk. Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud. Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei. Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid. Og folka skal skjøna at israelittane vart bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd. På grunn av deira ureinskap og deira brot gjorde eg dette med dei; og eg løynde andletet for dei. Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels-ætta. Eg brenn av iver for mitt heilage namn. Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg, når dei bur trygt i landet sitt og ingen skræmer dei. Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, då vil eg midt imellom dei, for augo på mange folkeslag, visa kor heilag eg er. Og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei bort til andre folk, men samlar dei i deira eige land og lèt ikkje ein einaste av dei vera att der ute. Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei; for eg har rent ut min Ande over Israels-ætta, lyder ordet frå Herren Gud. I det tjuefemte året etter at vi vart bortførte – det var det fjortande året etter at byen vart teken – ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, då kom Herrens hand over meg og førte meg bort i syner frå Gud. Han tok meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det i sør liksom ein bygning i ein by. Dit førte han meg. Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa. Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta. Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt. Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp troppestega i porten og mælte dørstokken der; han var ei mælestong brei. Det var den fyrste dørstokken. Kvart siderom var ei mælestong langt og ei mælestong breitt, og mellom roma var det fem alner. Dørstokken til forhalla inst i porten var ei mælestong. Han mælte sjølve forhalla i porten; ho var åtte alner, og søylene der var to alner. Forhalla i porten vende inn mot templet. Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Pilarane på begge sider var òg like store. Mannen mælte breidda på portopninga: ti alner, og breidda på sjølve porten: tretten alner. Framfor sideroma var det eit rekkverk; kvart gitter mælte ei alen. Og sjølve sideroma var seks alner på kvar kant. Så mælte han porten frå takkanten i det eine sideromet til takkanten i det andre; han var tjuefem alner brei. Opningane inn til sideroma låg midt for kvarandre. – Han mælte forhalla; ho var tjue alner. Og rundt ikring forhalla var føregarden. – Frå inngangen ytst i porten til framsida av forhalla inst i porten var det femti alner. Inne i porten, i alle sideroma, var det vindaugo med gitter, som nådde bort til veggpilarane mellom dei. Like eins var det vindaugo på begge sider i forhalla. På pilarane var det palmer. Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, det var fleire rom og eit steinlagt golv rundt ikring i føregarden; og på golvet var det tretti rom. Steingolvet låg attmed portane og nådde like langt ut som dei. Det er det nedste steingolvet. Han mælte føregarden mellom framsida av den nedre porten og framsida av den indre porten, den som vender utover, og det var hundre alner. Det var austporten, og så kjem nordporten. Han mælte lengda og breidda på den porten som vende mot nord i den ytre føregarden. Sideroma, tre på kvar side, og pilarane og forhalla hadde dei same mål som i den fyrste porten. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. Vindaugo, forhalla og palmene der var like store som i porten mot aust. På sju troppesteg kom ein dit opp; og forhalla låg innanfor. I den indre føregarden var det ein port midt for nordporten, som det var i aust òg. Frå port til port mælte han hundre alner. Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han mælte pilarane og forhalla der òg; dei hadde same mål som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider, og dei var som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. Sju troppesteg førte opp til porten, og forhalla låg innanfor. På pilarane var det palmer, ei på kvar side. I den indre føregarden var det ein port mot sør òg. Mannen mælte avstanden frå port til port, hundre alner. Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han mælte sørporten, og han var like stor som dei andre. Sideroma, pilarane og forhalla der hadde same mål som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. – Rundt ikring var det forhaller, tjuefem alner lange og fem alner breie. – Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer; og åtte troppesteg førte dit opp. Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i aust. Han mælte porten, og han hadde same mål som dei andre. Sideroma, pilarane og forhalla der var like store som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp. Så førte han meg til porten i nord. Han mælte porten, og han var like stor som dei andre. Like eins hadde sideroma, pilarane og forhalla dei same mål, og det var vindaugo på begge sider. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei. Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp. Frå forhalla i porten var det inngang til eit rom der dei kunne skylja brennofferet. Og i forhalla stod det to bord på kvar side. På dei skulle dei slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet. Utanfor sideveggen, nær oppgangen til nordporten, stod det òg to bord. Og på den andre sida av forhalla stod det to bord. Til saman var det fire bord ved kvar sidevegg i porten, i alt åtte bord. Der skulle dei slakta offerdyr. Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein; dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei bruka når dei slakta brennofferet og slaktofferet. Rundt ikring i bygningen var det fest hyller, som mælte ei handsbreidd. På borda la dei det kjøtet som skulle ofrast. Utanfor den indre porten, i den indre føregarden, var det to rom. Det eine låg attmed sideveggen i nordporten, som vender mot sør, det andre attmed den sideveggen i austporten som vender mot nord. No tala mannen til meg og sa: «Dette romet, som vender mot sør, er for dei prestane som gjer teneste i templet. Og det romet som vender mot nord, er for dei prestane som gjer teneste ved altaret. Det er Sadok-sønene, dei av Levi-ætlingane som kan stiga fram for Herren og tena han.» Mannen mælte føregarden; han var firkanta, hundre alner lang og hundre alner brei. Framfor templet stod altaret. Så førte han meg til forhalla i templet og mælte pilarane der; dei var fem alner på kvar side. Portopninga var fjorten alner brei, og veggene på begge sider var tre alner. Forhalla var tjue alner lang og tolv alner brei. Ti troppesteg førte dit opp. Attmed veggpilarane stod det søyler, ei på kvar side. Mannen førte meg inn i tempelhalla, og han mælte veggpilarane der; dei var seks alner tjukke på kvar kant. Døropninga var ti alner brei, og veggene på begge sider var fem alner. Han mælte tempelhalla, som var førti alner lang og tjue alner brei. Så gjekk han til det inste romet og mælte pilarane attmed døra; dei var to alner. Sjølve døra var seks alner og veggene på begge sider sju alner. Han mælte romet framfor halla, som var tjue alner langt og tjue alner breitt. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.» Så mælte han tempelveggen, som var seks alner tjukk. Tilbygget med små rom som låg rundt heile templet, var fire alner breitt. Det var i alt tretti siderom, det eine over det andre i tre høgder. I tempelveggen var det nokre framspring til støtte for bjelkane i sideroma ikring. Ingen bjelke gjekk inn i sjølve veggen. Ein brei gang gjekk opp til sideroma. Rundt ikring templet, på alle kantar og heilt opp, var det rom. Difor hadde det ein brei gang som førte oppover, så ein kunne koma frå den nedste høgda til den øvste gjennom den mellomste. Eg såg at rundt ikring templet låg bakken høgare; dette stykket var grunnvoll under sideroma og nådde ei heil mælestong, seks alner, ut til sida. Ytreveggen i sideroma var fem alner tjukk. Mellom sideroma ved templet og dei andre roma var det ein open plass, tjue alner brei; han gjekk rundt heile templet. Sideroma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren kring plassen var fem alner tjukk. Bygningen som vende mot den avstengde plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang. Så mælte han templet; det var hundre alner langt. Den avstengde plassen med bygningen og murane i bygningen var òg hundre alner lang. Framsida på templet og plassen, mot aust, var hundre alner brei. Han mælte bygningen som låg ut mot den avstengde plassen, på baksida. Saman med gangvegane på begge sider var han hundre alner. Tempelhalla, det inste romet, og forhalla ut mot føregarden var bordkledde. Gittervindaugo og murskråninga kring dei var bordkledde på tre kantar over murkransen. Og på veggene var det panel frå golvet opp til vindaugo og over døropninga. Både inne i templet og utanfor, rundt ikring på alle veggene inne og ute, var det felt med utskorne bilete av kjerubar og palmer, ei palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet. Eit menneskeandlet var vendt mot palma på den eine sida og eit løveandlet mot palma på den andre sida. Slike bilete var det rundt ikring i heile templet. Frå golvet til eit stykke ovanfor døra var det bilete av kjerubar og palmer på tempelveggene. Tempelhalla hadde firkanta dørstolpar. Framfor den heilage staden kunne ein sjå noko som likna eit altar av tre. Det var tre alner høgt og to alner langt. Det hadde to hjørne; fotstykket og veggene var av tre. Mannen sa til meg: «Dette er det bordet som står for Herrens åsyn.» Tempelhalla hadde ei dobbeltdør, og Det høgheilage hadde òg ei dobbeltdør. Dørene hadde to dørvenger, som kunne svingast; kvar dør hadde to dørvenger. På tempeldørene var det bilete av kjerubar og palmer, like eins som på veggene. På utsida av forhalla var det eit skjermtak av tre. På sideveggene i forhalla var det gittervindaugo med palmer på begge sider. Så var det i sideroma utanfor templet og skjermtaket òg. Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til roma ut mot den avstengde plassen, på nordsida av bygningen. Roma der var til saman hundre alner lange og femti alner breie. Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det avsatsar, den eine etter den andre, i tre høgder. Framfor roma var det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Roma hadde inngang mot nord. Dei øvste roma var mindre enn dei andre; avsatsane tok bort meir plass frå dei enn frå roma i midten og nedst. For dei var bygde i tre høgder, men dei hadde ikkje søyler så som det var i føregarden. Difor var dei øvste roma mindre enn dei mellomste og dei nedste. Lenger ut gjekk det ein mur langs framsida av roma, bort imot den ytre føregarden; han var femti alner lang. For lengda på dei roma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner. Men dei som vende mot templet, var hundre alner. Nedanfor desse roma var det ein inngang frå aust, når ein gjekk inn i dei frå den ytre føregarden, der muren mot føregarden tok til. I sør, mot den avstengde plassen og mot bygningen, låg det òg rom, og framfor dei var det ein veg. Dei såg ut som roma på nordsida. Dei var like lange og breie som dei og hadde like utgangar og inngangar og var like eins bygde som dei. Til dørene i roma på sørsida førte ein inngang. Han var der vegen tek til, den vegen som gjekk langsmed den vernande muren; der kunne ein koma inn frå aust. Då sa mannen til meg: «Roma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage roma der prestane, som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad. Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda som dei bar då dei gjorde teneste; for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit der folket er. Då han var ferdig med å mæla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og mælte det heile på alle kantar. Han mælte austsida med mælestonga si. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg og mælte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg og mælte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Til sist snudde han seg mot vestsida og mælte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Alle fire sidene mælte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt. Så førte han meg til porten, den porten som vender mot aust. Og sjå, der kom herlegdomen åt Israels Gud frå aust. Lyden av han var som duren av store vassmengder, og jorda lyste av herlegdomen hans. Det synet eg såg, likna det synet eg hadde då han kom og ville øydeleggja byen, og det eg hadde attmed Kebar-elva. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda. Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust. Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte huset. Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg. Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde. Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide. Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid. Du menneske, tal til Israels-ætta om templet, kva mål det har og korleis det ser ut, så dei må skjemmast av si synd og skuld. Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til planen for templet og innreiinga, utgangane og inngangane der og alle lovene og føreskriftene for det. Skriv dei opp for augo deira, så dei kan ta vare på alle lovene og føreskriftene og leva etter dei. Dette er føreskrifta om templet: Heile området ikring det på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er føreskrifta om templet. Dette er måla på altaret, mælt med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Fotstykket var ei alen høgt og ei alen breitt, og steinkanten ikring var eitt spann. Dette var underlaget under altaret. Frå fotstykket på jorda opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var ei alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var ei alen. Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp. Eldstaden var firkanta, tolv alner lang og tolv alner brei. Avsatsen òg var firkanta, fjorten alner lang og fjorten alner brei. Steinkanten kringom var ei halv alen, og fotstykket under var ei alen på alle kantar. Troppeoppgangen vende mot aust. Mannen sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Desse føreskriftene skal fylgjast den dagen altaret vert laga til; så kan ein bera fram brennoffer og skvetta blod på det. Dei levittprestane som er av Sadok-ætta og som stig fram og gjer teneste for meg, skal du gje ein ung okse til syndoffer, seier Herren Gud. Du skal ta noko av blodet hans og stryka på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna av avsatsen og på steinkanten ikring. Såleis skal du reinsa altaret og gjera soning for det. Så skal du ta syndofferoksen, og han skal brennast på den fastsette staden ved templet, utanfor sjølve heilagdomen. Dagen etter skal du ofra ein lytelaus bukk som syndoffer. Med den skal dei reinsa altaret for synd så som dei reinsa det med oksen. Når du er ferdig med reinsinga, skal du ofra ein lytelaus ungokse av storfeet og ein lytelaus ver av småfeet. Du skal leia dei fram for Herren. Prestane skal strøya salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren. I sju dagar skal du dagleg ofra ein bukk som syndoffer. Dei skal òg ofra ein ungokse av storfeet og ein ver av småfeet, begge utan lyte. I sju dagar skal dei gjera soning for altaret, reinsa det for synd og vigsla det. Når desse dagane er til ende, skal prestane den åttande dagen og alltid sidan bera fram på altaret brennoffer og måltidsoffer for dykk. Og då skal eg ha hugnad i dykk, lyder ordet frå Herren Gud. Så førte mannen meg attende til den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd. Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd og skal ikkje opnast. Ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten; difor skal han vera stengd. Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens åsyn. Han skal gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att. Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor templet. Og der fekk eg sjå at Herrens herlegdom fylte huset. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda. Herren sa til meg: Menneske, no må du bruka augo og øyro og leggja merke til alt det eg seier deg om alle føreskriftene og lovene for Herrens hus. Legg nøye merke til inngangen i templet og alle utgangane frå heilagdomen! Sei til dei trassige israelittane: Så seier Herren Gud: No får det vera nok med styggedomen dykkar, israelittar! De lét framande som var uomskorne både på hjarta og lemer, koma inn i min heilagdom. Såleis vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta med meg og gjorde mange andre stygge ting. De sytte ikkje sjølve for tenesta i heilagdomen min, men sette andre til å ta seg av den heilage tenesta i staden for dykk. Så seier Herren Gud: Ingen framand som er uomskoren på hjarta og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane. Men dei levittane som gjekk bort frå meg saman med israelittane då dei villa seg bort frå meg og fylgde avgudane sine, dei må bøta for si misgjerning. Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til templet og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og tena dei. Fordi dei tente israelittane når dei dyrka avgudane sine og vart årsak til at Israel fall i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bøta for si misgjerning. Dei får ikkje stiga fram for meg og gjera presteteneste og ikkje koma nær noko av det heilage eller høgheilage i huset mitt. Dei skal bera vanæra for alt det stygge dei har gjort. Eg gjer dei til tempeltenarar og set dei til allslags arbeid som må gjerast der. Men dei levittprestane av Sadok-ætta som tente meg trufast i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og gjera teneste. Dei skal stå for mitt åsyn og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud. Dei skal gå inn i min heilagdom; der skal dei stiga fram til mitt bord og tena meg. Såleis skal dei ta seg av gudstenesta. Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i templet. Linhuer skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje ha på seg noko som gjer at dei sveittar. Når dei så går ut til folket i den ytre føregarden, skal dei ta av seg dei kleda dei bruka medan dei gjorde teneste, og la dei liggja i dei heilage roma. Dei skal ta på seg andre klede, så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine. Prestane skal ikkje raka hovudet snautt og heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klyppa det. Dei må ikkje drikka vin når dei går inn i den indre føregarden. Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei kvinne som mannen har skilt seg frå, men berre med møyar av Israels-ætta. Men dei kan ta enkja etter ein prest. Prestane skal læra folket mitt å skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt, mellom reint og ureint. I rettssaker skal dei stå fram som domarar og døma folket etter mine lover. På alle mine høgtider skal dei halda mine lover og bod, og dei skal halda mine kviledagar heilage. Prestane må ikkje gå inn til lik, elles vert dei ureine. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine. Når presten har vorte rein att, skal han venta i sju dagar. Og den dagen han går inn i heilagdomen att, i den indre føregarden, og skal gjera teneste i heilagdomen, då skal han bera fram syndoffer for seg, lyder ordet frå Herren Gud. Dette er den arven prestane skal ha: Eg er deira lut og del. De skal ikkje gje dei nokon eigedom i Israel. Eg er deira eigedom. Dei kan eta av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra dei til. Den beste fyrstegrøda av alt de dyrkar, og alle slag offergåver av alt de gjev, skal prestane ha. Det fyrste av brøddeigen skal de òg gje presten. Då skal det kvila velsigning over husa dykkar. Men noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestane eta. Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de via eit stykke av jorda, tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt, som ei heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det når på alle kantar. Av det skal eit firkanta stykke som er fem hundre alner på kvar side, høyra heilagdomen til. Rundt ikring han skal det vera open mark som strekkjer seg femti alner ut. Av heile området skal du mæla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, og der skal heilagdomen stå. Det skal vera ein høgheilag del av landet. Det skal tilhøyra prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Der skal dei ha plass for husa sine og beitemark som høyrer heilagdomen til. Eit anna jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal tilhøyra levittane, som er tempeltenarar. Der kan dei ha byar til å bu i. Til eigedom for byen skal de setja av eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er vigt til heilagdomen. Det skal høyra heile Israels-ætta til. På begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, skal fyrsten ha land, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei lutene ættene får, frå grensa i vest til grensa i aust. Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Og då skal fyrstane aldri meir vera harde mot folket mitt, men overlata jorda til Israels-folket, ætt for ætt. Så seier Herren Gud: No får det vera nok, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing, og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud. Bruk rett vekt og rett efa og bat! Ein efa og ein bat skal vera like store, så både ein bat og ein efa er tiandeparten av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren. Ein sekel skal vera tjue gera. Fem sekel skal vera fem sekel, og ti sekel skal vera ti; og femti sekel skal de rekna for ei mine. Så skal ho vera den offergåva de gjev: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg. Den faste avgifta av olje, som vert mælt i bat, skal vera ein tiandedels bat av kvar kor; det er ti bat i ein kor. Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå Israels beitemarker. Dei skal vera til offergåver, til brennoffer og måltidsoffer; med dei skal det gjerast soning for folket, seier Herren Gud. Alt folket i landet skyldar å gje fyrsten i Israel ei slik offergåve. Men fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israel. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og måltidsoffer, så det kan gjerast soning for Israels-ætta. Så seier Herren Gud: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du ta ein lytelaus okse av storfeet og reinsa heilagdomen for synd. Presten skal ta noko av blodet frå syndofferet og stryka det på dørstolpane i templet, på dei fire horna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden. Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Såleis skal du gjera soning for templet. Den fjortande dagen i den fyrste månaden skal de halda påskehelg. Då skal de eta usyrt brød i sju dagar. Den dagen skal fyrsten ofra ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet. Dei sju dagane høgtida varer, skal han bera fram brennoffer for Herren, kvar dag sju lytelause oksar og verar, og som syndoffer ein bukk kvar dag. Som grødeoffer skal han bera fram ein efa for kvar okse, ein efa for kvar ver og ein hin olje til kvar efa. På høgtida, den femtande dagen i den sjuande månaden, skal han, liksom på dei andre sju dagane, bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje. Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagen skal han vera open, og like eins på nymånedagen. Då skal fyrsten, når han kjem utanfrå, gå inn gjennom forhalla i porten og stå attmed ein av dørstolpane der, medan prestane ber fram brennoffer og måltidsoffer for han. Han skal bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Men porten skal ikkje stengjast før om kvelden. Folket i landet skal bøya seg og tilbe Herren ved inngangen til porten, både på sabbatsdagane og nymånedagane. Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lam og ein lytelaus ver. Og som grødeoffer skal han saman med veren gje ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa. På nymånedagen skal han ofra ein lytelaus okse av storfeet, seks lam og ein ver som er utan lyte. Som grødeoffer skal han saman med oksen gje ein efa, saman med veren ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa. Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att. Men når folket i landet stig fram og tilbed Herren på høgtidene, skal dei som kjem inn gjennom nordporten, gå ut gjennom porten i sør, og dei som kjem inn gjennom sørporten, skal gå ut gjennom porten i nord. Dei skal ikkje gå ut att gjennom same porten som dei kom inn gjennom, men gå ut på den andre sida. Fyrsten skal koma inn saman med dei andre og gå ut saman med dei. På festane og høgtidene skal han gje som grødeoffer ein efa saman med oksen, ein efa med veren og det han har for handa saman med lamma, og ein hin olje til kvar efa. Når fyrsten vil bera fram eit friviljug offer for Herren, anten det er brennoffer eller måltidsoffer, skal dei opna for han den porten som vender mot aust. Han skal bera fram brennofferet eller måltidsofferet sitt som han gjer det på sabbatsdagen. Så skal han gå ut, og porten skal stengjast etter han. Kvar dag skal du ofra eit årsgamalt, lytelaust lam som brennoffer til Herren. Kvar morgon skal du ofra det. Attåt det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å væta mjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast ordning som alltid skal stå ved lag. Lammet, grødeofferet og oljen skal berast fram kvar morgon; det skal vera eit fast brennoffer. Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev ein av sønene sine ei gåve av det han har arva, skal ho høyra sønene hans til. Dei får henne til odel og eige. Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av arvegodset, skal ho vera hans til frigjevingsåret; då skal fyrsten få henne att. Berre sønene kan halda fast på arven sin for alltid. Fyrsten må ikkje ta odelsjord frå folket, så han driv dei bort frå eigedomen deira. Av det han sjølv eig, skal han gje sønene arv. Folket mitt skal ikkje drivast bort frå eigedomen sin. Så førte han meg gjennom inngangen attmed porten, til dei roma i heilagdomen som er for prestane, og som ligg på nordsida. Og sjå, der var det eit rom lengst mot vest. Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka brød av grødeofferet. Dei skal ikkje bera det ut i den ytre føregarden, for då kunne dei gjera folket heilagt.» Sidan tok han meg med til den ytre føregarden og førte meg ikring til dei fire hjørna av føregarden. Og i kvart hjørne såg eg ein mindre gard. I alle fire hjørna var det slike små gardar, og alle fire var like store. Dei var førti alner lange og tretti alner breie. Det var ein steinmur rundt kvar av dei, og rundt ikring nedmed foten av murane var det bygt eldstader. Han sa til meg: «Dette er dei stadene der tempeltenarane kokar slaktoffera for folket.» Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida. Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja. Han sa til meg: «Har du sett det, menneske?» Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der. Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva. Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt. Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.» Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israels-ættene. Josef skal ha to luter. De skal ta det i eige, og den eine skal få like mykje som den andre. Eg lyfte då handa og lova å gje det til fedrane dykkar. Og landet får de til odel og eige. Dette er landegrensa: I nord skal ho gå frå Storhavet bort imot Hetlon, til Lebo-Hamat og Sedad, så til Berota og Sibrajim, som ligg ved grensa mellom Damaskus-landet og Hamat-landet, og til Hasar-Enon ved grensa mot Havran. Såleis skal grensa gå frå havet til Hasar-Enon ved grensa mot Damaskus og Hamat i nord. Dette er nordsida. På austsida er Jordan grensa mellom Havran og Damaskus og mellom Gilead og Israels-landet heilt til sjøen i aust, ned til Tamar. Dette er austsida. På sørsida skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet. Dette er sørsida. På vestsida skal Storhavet vera grensa, til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestsida. Dette landet skal de dela mellom dykk, mellom Israels-ættene. De skal skifta det ut til odel for dykk sjølve og for innflyttarane som held til hjå dykk og har fått born der. Dei skal ha same rettane som innfødde israelittar. Saman med dykk skal dei få odel midt imellom Israels-ættene. I den ætta der ein innflyttar bur, skal de la han få sin odel, lyder ordet frå Herren Gud. Dette er namna på ættene. Lengst i nord, langs vegen til Hetlon, Lebo-Hamat og Hasar-Enon, ved grensa mot Damaskus i nord og langsmed Hamat, frå aust til vest, skal Dan ha éin lut. Langs Dans-landet, frå aust til vest, skal Asjer ha éin lut. Langs Asjers-landet, frå aust til vest, skal Naftali ha éin lut. Langs Naftali-landet, frå aust til vest, skal Manasse ha éin lut. Langs Manasse-landet, frå aust til vest, skal Efraim ha éin lut. Langs Efraims-landet, frå aust til vest, skal Ruben ha éin lut. Langs Rubens-landet, frå aust til vest, skal Juda ha éin lut. Langs Juda-landet, frå aust til vest, skal de skilja ut eit serskilt landområde. Det skal vera tjuefem tusen alner breitt og så langt som kvar av dei andre lutene, frå austsida til vestsida. Og midt i det skal heilagdomen liggja. Det området de vier som heilag gåve til Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt. Det heilage området skal høyra desse til: Prestane skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt både i nord og sør og ti tusen alner breitt både i vest og aust. Og midt på det skal heilagdomen liggja. Prestane, dei av Sadok-sønene som er vigsla, dei som sytte for tempeltenesta, og som ikkje fór vilt saman med israelittane så som levittane gjorde, dei skal ha sin del av det landet som er vigt til heilag gåve, ein høgheilag del, attmed landet åt levittane. Levittane skal ha eit like stort stykke som prestane, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Heile området skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt. Dei skal ikkje selja eller byta bort noko av dette. Den beste delen av landet må ikkje gå over til andre; for han er heilag for Herren. Det fem tusen alner breie stykket som er att av det tjuefem tusen alner lange området, skal ikkje vera heilagt; byen skal bruka det til bustader og beitemarker. Og midt i det skal byen liggja. Desse måla skal byen ha: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre. Beitemarkene kring byen skal vera to hundre og femti alner breie i nord, to hundre og femti i sør, to hundre og femti i aust og to hundre og femti i vest. Av det som er att langs det heilage området, ti tusen alner breitt både i aust og vest, skal grøda brukast til mat for arbeidarane i byen. Arbeidarar frå alle Israels-ættene som bur der, skal dyrka det. Heile det utskilde området skal vera tjuefem tusen alner på kvar kant. Det stykket de set av til eigedom for byen, skal vera fjerdeparten av det heilage området. Fyrsten skal ha det som er att på begge sider av det heilage området og det som høyrer byen til. Det skal gå langs det tjuefem tusen alner lange området til grensa i aust og vestover langs det same området til grensa i vest, attmed lutene åt ættene. Det skal høyra fyrsten til. Og midt imellom skal det utskilde området med tempelheilagdomen liggja. Bortsett frå eigedomen åt levittane og eigedomen åt byen, som ligg mellom dei lutene fyrsten får, skal heile området mellom Juda-landet og Benjamins-landet høyra fyrsten til. Så kjem dei andre ættene: Benjamin, frå aust til vest éin lut; langs Benjamins-landet frå aust til vest: Simeon éin lut; langs Simeons-landet frå aust til vest: Jissakar éin lut; langs Jissakars-landet frå aust til vest: Sebulon éin lut, og langs Sebulons-landet frå aust til vest: Gad éin lut. Langs Gads-landet, på sørsida, skal grensa mot sør gå frå Tamar til Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet. Dette er det landet som de skal skifta ut mellom Israels-ættene. Dei skal ha det til odel og eige, og dette er dei lutene dei skal få, lyder ordet frå Herren Gud. Desse utgangane skal byen ha: På nordsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, skal det vera tre portar – og byportane skal ha namn etter Israels-ættene: Rubens-porten, Juda-porten og Levi-porten; på austsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Josefs-porten, Benjamins-porten og Dans-porten; på sørsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Simeons-porten, Jissakars-porten og Sebulons-porten, og på vestsida, som òg mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Gads-porten, Asjers-porten og Naftali-porten. Byen skal ha ein omkrins på atten tusen alner. Heretter skal byen bera namnet «Herren er der». I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem og kringsette byen. Herren gav Juda-kongen Jojakim i hans hand, og like eins nokre av dei heilage kara i Guds hus. Nebukadnesar tok kara med til Sinear-landet, til huset åt guden sin, og sette dei i skattkammeret der. Kongen sa til Aspenas, øvste hoffmannen sin, at han skulle ta med seg nokre israelittar, både av kongsætt og av adelsætt, unge gutar som var utan lyte og fagre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å tena i kongsgarden. Dei skulle han gje opplæring i kaldeisk skrift og språk. Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta av same fine maten som han og drikka same slag vin. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gjera teneste hjå kongen. Mellom dei var judearane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Den øvste hoffmannen gav dei nye namn. Daniel kalla han Beltsasar, Hananja Sjadrak, Misjael Mesjak og Asarja Abed-Nego. Men Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad den øvste hoffmannen om å sleppa å gjera seg urein. Og Gud laga det så at den øvste hoffmannen fekk velvilje og godhug for Daniel. Men han sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og at kongen for dykkar skuld skal dra meg til ansvar.» Då sa Daniel til oppsynsmannen som den øvste hoffmannen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja: «Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka! Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, både vi og dei gutane som et av maten frå kongens bord. Gjer så med tenarane dine etter det du då ser!» Han gjorde som dei ynskte, og prøvde dei i ti dagar. Då dei ti dagane var lidne, viste det seg at dei såg betre ut og var i betre hold enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord. Då lét oppsynsmannen dei sleppa den fine maten og vinen og gav dei grønsaker. Gud gav desse fire gutane kunnskap og vit på allslags skrift og visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slag syner og draumar. Då den tida kongen hadde fastsett, var ute, og dei skulle førast fram for han, førte den øvste hoffmannen dei fram for Nebukadnesar. Kongen tala med dei, og det fanst ingen mellom dei unge gutane som kunne mæla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Så fekk dei då gjera teneste hjå kongen. Og støtt når kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle spåmenn og åndemanarar i riket. Daniel vart verande der til fyrste styringsåret åt kong Kyros. I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han så uroleg i hugen at han ikkje fekk sova. Då sende kongen bod etter spåmennene, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane, og ville at dei skulle fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen. Og han sa til dei: «Eg har hatt ein draum som gjer meg så uroleg i hugen. Eg ynskjer å få vita kva eg har drøymt.» Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Kongen leve evig! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.» Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug. Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!» Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.» Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast: Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!» Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar. Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.» Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia. Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel. Då vende Daniel seg med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen over livvakta åt kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babylonia. Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg. Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han tyda draumen for han. Sidan gjekk Daniel heim og fortalde venene sine, Hananja, Misjael og Asarja, det som hadde hendt. Han ville at dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra denne løyndomen, så Daniel og venene hans ikkje skulle missa livet saman med dei andre vismennene i Babylonia. Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn om natta. Og Daniel prisa Gud i himmelen. Han tok til ords og sa: Lova vere Guds namn frå æve og til æve! For visdomen ¬og styrken er hans. Han lèt år og tider skifta, set kongar av og set kongar inn. Han gjev dei vise visdom og dei vituge vit. Han openberrar ¬det djupe og dulde; han veit kva som er i mørkret, og hjå han bur ljoset. Deg, mine fedrars Gud, lovar og prisar eg, for du har gjeve meg ¬visdom og styrke. No har du fortalt meg ¬det vi bad om; det kongen vil vita, ¬har du kunngjort oss. Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å drepa vismennene i Babylonia. Han kom og sa til han: «Drep ikkje vismennene i Babylonia! Før meg fram for kongen, så skal eg tyda draumen for han.» Då skunda Arjok seg og førte Daniel inn til kongen og sa til han: «Mellom dei bortførte frå Juda har eg funne ein mann som kan tyda draumen for kongen.» Kongen tok til ords og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg den draumen eg har hatt, og tyda han?» Daniel svara kongen: «Den løyndomen som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, spåmann eller teikntydar kunngjera for kongen. Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di. Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda. Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt. Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut. Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar; leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire. Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda. Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder. Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære! Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull. Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda. Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre. Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire. At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt. Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire. Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid. Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.» Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han. Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.» Så lét kongen Daniel få ei høg stilling og gav han mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babylon og til øvste leiaren for alle vismennene der. På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego til å styra i provinsen Babylon. Men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden. Kong Nebukadnesar laga ei biletstøtte av gull, seksti alner høg og seks alner brei, og sette henne opp i Dura-dalen i provinsen Babylon. Så sende kong Nebukadnesar bod til satrapane, statthaldarane og landshovdingane, rådgjevarane, skattmeistrane, dei lovkunnige, domarane og alle provinsstyrarane og kalla dei saman til vigsla av biletstøtta som kongen hadde reist. Dei kom saman til vigsla av den støtta som kong Nebukadnesar hadde reist, både satrapane, statthaldarane og landshovdingane, rådgjevarane, skattmeistrane, dei lovkunnige, domarane og alle provinsstyrarane. Då dei stod framfor biletstøtta som Nebukadnesar hadde reist, ropa herolden med høg røyst: «Hermed vere det sagt dykk, de folk og ætter med ulike språk: Så snart de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal de falla ned og tilbe gullbiletet som kong Nebukadnesar har reist. Den som ikkje fell ned og tilbed, skal straks kastast i omnen med logande eld.» Så snart alle folka høyrde lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt og alle andre slag instrument, kasta dei seg ned – alle folk og ætter med ulike språk – og tilbad gullbiletet som kong Nebukadnesar hadde reist. Straks etter kom nokre kaldearar og klaga på judearane. Dei tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Kongen leve evig! Konge, du har gjeve påbod om at kvar og ein som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullbiletet, og at den som ikkje fell ned og tilbed, skal kastast i omnen med logande eld. Det er nokre judearar her som du har sett til å styra provinsen Babylon: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje gullbiletet som du har reist.» Då vart Nebukadnesar arg og sint. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Og dei førte mennene fram for kongen. Nebukadnesar tok til ords og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed det gullbiletet som eg har reist? No vel, dersom de, når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, er viljuge til å falla ned og tilbe det biletet eg har laga, så er alt godt og vel. Men vil de ikkje tilbe det, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan frelsa dykk or mi hand?» Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego tok til ords og sa til kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg eit ord på dette. Om så skal vera, kan vår Gud som vi dyrkar, frelsa oss; or den glødande omnen og or di hand, konge, vil han frelsa. Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe det gullbiletet som du har reist.» Då rann det slikt sinne i Nebukadnesar mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at han reint skaptest om i andletet. Han sa frå at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg. Og han sette nokre handfaste karar i hæren til å binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld. Så vart mennene bundne og kasta i den glødande omnen, med kappene, buksene, huene og dei andre kleda på seg. Sidan kongsbodet var så strengt, og omnen difor så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane. Dei andre tre, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i den glødande omnen. Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: «Var det ikkje tre menn vi kasta bundne ned i elden?» «Jau visst, konge,» svara dei. Då sa han: «Men eg ser fire menn gå fritt ikring i elden, og det finst ikkje mein på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.» No gjekk Nebukadnesar bort til døra i den glødande omnen og ropa: «Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Den Høgste Gud, kom ut!» Og Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego kom ut or elden. Satrapane, statthaldarane, landshovdingane og kongens rådsherrar kom saman. Dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over lekamane åt desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidt, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei. Då tok Nebukadnesar til ords og sa: «Lova vere Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, som sende engelen sin og frelste tenarane sine. Dei sette si lit til han og gjorde ikkje som kongen baud. Dei våga livet, så dei skulle sleppa å dyrka eller tilbe nokon annan gud enn sin eigen. No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og ætter med ulike språk som talar vanvørdsleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein grushaug. For det finst ingen annan gud som kan frelsa så som han.» Og kongen gav Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego stor makt i provinsen Babylon. Kong Nebukadnesar til alle folk og ætter med ulike språk over heile jorda: «Fred og lukke! Eg har sett meg føre å kunngjera dei teikn og under som Den Høgste Gud har gjort mot meg. Kor store hans teikn er, kor veldige hans under! Hans rike er eit evig rike, hans velde varer frå ætt til ætt. Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt, sat frisk og glad i slottet mitt. Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Eg vart skræmd av tankane eg fekk og av synene eg hadde medan eg låg på mi lege. Eg gav påbod om at alle vismennene i Babylonia skulle førast fram for meg og seia meg kva draumen tydde. Så kom spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje seia meg kva han tydde. Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd, og eg fortalde han draumen: Beltsasar, du som er meisteren mellom spåmennene! Eg veit at dei heilage gudars ånd er i deg, og at ingen løyndom er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei kva det tyder! Dette er dei synene eg hadde medan eg låg på lega mi: Eg såg eit tre som stod midt på jorda. Det var svært høgt. Treet var stort og sterkt. Det var så høgt at toppen nådde til himmels, og det var synleg til enden av jorda. Lauvet var fagert og frukta rik; det gav føde til alle. Dyra på marka fann livd under det, og fuglane under himmelen heldt til i greinene. Alt liv fekk føde frå det. I synene eg hadde medan eg låg på lega mi, såg eg ein heilag vaktar som kom ned frå himmelen. Han ropa med høg røyst: Hogg treet ned, ¬skjer greinene av; snøy det for lauv, ¬kast frukta utover! Dyra under det skal røma og fuglane flyga bort ¬frå greinene. Lat berre rotstubben stå att ¬i jorda, i graset på marka, men bunden med lekkjer ¬av jern og kopar. Han skal vætast med dogg ¬frå himmelen og eta gras som dyra på marka. Hans hjarta skal skapast om, så det ikkje meir ¬er eit menneskehjarta; eit dyrehjarta skal han få. Sju tider skal fara fram ¬over han. Dette har vaktarane vedteke ¬i sitt råd, det har dei heilage avgjort ¬med sitt ord. Så skal alle som lever, sanna at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og kan la den ringaste av alle menneske få det. Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Sei no du, Beltsasar, kva han tyder. For ingen vismann i riket mitt kan tyda han. Men du kan, for du har dei heilage gudars ånd i deg.» Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund som lama; tankane hans skræmde han. Då tok kongen til ords og sa: «Beltsasar, lat ikkje draumen og det han tyder, skræma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine! Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmels, og treet var synleg over heile jorda. Lauvet var fagert og frukta rik; det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene. Dette treet er deg sjølv, konge, stor og mektig som du er. Makta di har vakse og når til himmels, veldet ditt rekk til enden av jorda. Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa: Hogg treet ned ¬og øydelegg det! Lat berre rotstubben stå att ¬i jorda, i graset på marka, men bunden med lekkjer ¬av jern og kopar. Han skal vætast med dogg ¬frå himmelen og leva som dyra på marka til dess sju tider har fare fram ¬over han. Når dette som Den Høgste har fastsett, kjem over min herre kongen, så tyder det, konge: Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil. Det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att. Det tyder at kongedømet atter skal vera ditt frå den tid du sannar at Himmelen har makta. Konge, ta difor imot mitt råd! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå misgjerningane dine med sælebot mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara.» Alt dette hende med kong Nebukadnesar. Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk ikring på taket av slottet i Babylon, sa han brått: «Sanneleg, dette er det store Babylon, som eg med mi veldige makt har bygt til kongssete, til ære for min herlegdom!» Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Til deg, kong Nebukadnesar, lyder desse orda: Kongedømet er teke frå deg. Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil.» I same stunda slo dette til. Nebukadnesar vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess håret voks og vart langt som ørnefjører, og neglene vart som fugleklør. «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, augo mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den Høgste og æra han som lever evig: Hans velde er eit evig velde, hans rike varer frå ætt til ætt. Alle som bur på jorda, er for ingenting å rekna. Han gjer som han vil ¬med himmelhæren og med dei som bur på jorda. Ingen kan hindra han, ¬ingen kan seia: Kva er det du gjer? I same stunda kom vitet mitt att, og eg fekk min herlegdom og glans tilbake – til ære for mitt kongedøme. Rådsherrane og stormennene mine leita meg opp. På nytt vart eg innsett i kongedømet mitt og fekk endå større makt enn før. Eg, Nebukadnesar, lovar, prisar og ærar no kongen i himmelen. For alle hans gjerningar er rette og hans vegar beine. Han kan bøya dei som er hovmodige i si ferd.» Kong Belsasar heldt eit stort gjestebod for dei tusen stormennene sine og sat og drakk vin i lag med dei. Då vinen tok til å verka på han, baud Belsasar at dei skulle henta dei kar av gull og sølv som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå templet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og fylgjekonene hans drikka or dei. Dei henta då gullkara som var bortførte frå templet, frå Guds hus i Jerusalem; og kongen og stormennene hans, konene og fylgjekonene hans drakk or dei. Medan dei drakk av vinen, prisa dei gudane sine av gull og sølv, kopar og jern, tre og stein. I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kvitkalka veggen i kongsslottet, midt imot ljosestaken. Kongen såg handa som skreiv. Då vart han bleik i andletet, og tankane skræmde han. Han veikna i hoftene og skalv i knea. Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til ords og sa til vismennene i Babylonia: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.» Alle vismennene åt kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller tyda henne for kongen. Då vart kong Belsasar så forfærd at han bleikna, og stormennene hans stod heilt rådville. Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen og tok til ords: «Kongen leve evig! Lat ikkje tankane skræma deg, og bleikna ikkje! I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I den tid far din rådde, synte det seg at han hadde opplysning og skjøn og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge, fordi det hjå Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og skjøn, evne til å tyda draumar, løysa gåter og greia ut vanskelege spørsmål. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg kva skrifta tyder.» Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte judearane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda! Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har synt at du har opplysning, skjøn og makelaus visdom. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og tyda henne for meg. Men dei kan ikkje seia meg kva ho tyder. Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og greia ut vanskelege spørsmål. Kan du no lesa skrifta og seia meg kva ho tyder, skal du verta kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.» Då tok Daniel til ords og sa til kongen: «Gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta på veggen skal eg lesa for kongen og fortelja kva ho tyder. Konge, Den Høgste Gud gav Nebukadnesar, far din, kongedøme og makt, ære og herlegdom. Og fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og ætter med ulike språk for han og var redde. Kven han ville, drap han, og kven han ville, lét han leva; kven han ville, gjorde han stor, og kven han ville, gjorde han liten. Men då han vart stor i eigne tankar, og hugen hans vart stolt og hovmodig, vart han støytt ned frå kongsstolen sin, og æra hans vart teken frå han. Han vart utstøytt frå menneska, og hjarta hans vart som eit dyrehjarta. Han heldt til mellom villesla og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess han sanna at Den Høgste Gud rår over kongedømet blant menneska og kan gje det til kven han vil. Men du, Belsasar, son hans, har ikkje audmykt deg, endå du visste alt dette. Du har opphøgt deg mot herren over himmelen; kara frå huset hans har dei kome til deg med, og du og stormennene dine, konene og fylgjekonene dine har drukke vin or dei. Du prisa gudane dine av sølv og gull, kopar og jern, tre og stein, dei som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har ditt liv i si hand, og som rår for heile din lagnad, han har du ikkje æra. Difor vart denne handa send frå han og denne skrifta skriven. Dette er det som vart skrive: ‘mene, mene, tekel ufarsin.‘ Og såleis skal orda tydast: ‘Mene‘ – ’talt’ har Gud dagane åt kongedømet ditt og gjort ende på det. ‘Tekel‘ – ’vegen’ er du på vekta og funnen for lett. ‘Peres‘ – ’delt’ er riket ditt og gjeve til medarane og persarane.» Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjede om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket. Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen. Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal. Dareios fann for godt å setja 120 satrapar over riket. Dei skulle bu rundt ikring i heile riket. Over dei sette han tre riksrådar, og av dei var Daniel den eine. For dei skulle satrapane gjera rekneskap, så kongen ikkje skulle lida noko tap. Daniel merkte seg ut framfor dei andre riksrådane og satrapane, fordi det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket. Då prøvde riksrådane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei kunne ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hjå han. Då sa dei: «Vi har ikkje noko å klaga denne Daniel for, om vi då ikkje finn noko å seia på gudsdyrkinga hans.» No skunda riksrådane og satrapane seg inn til kongen og sa til han: «Kong Dareios leve evig! Alle riksrådane, statthaldarane, satrapane, rådsherrane og landshovdingane har samrådt seg: Kongen bør fastsetja at det skal gjevast eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola. Gjev no eit slikt påbod, konge, og skriv det opp, så det ikkje kan endrast, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.» I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod. Så snart Daniel fekk vita at skrivet var utsendt, gjekk han inn i huset sitt. I tak-kammeret hadde han opne vindaugo som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, nett som han før hadde gjort. Då kom desse mennene farande inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han. Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.» Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.» Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut. Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.» Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!» Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel. Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova. Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola. Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?» Då svara Daniel: «Kongen leve evig! Min Gud sende engelen sin og lét att gapet på løvene, så dei ikkje har gjort meg noko vondt. For eg er funnen skuldfri for han; og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.» Då vart kongen hjarteglad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hola. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han; for han hadde sett si lit til sin Gud. Kongen sa no frå at dei mennene som hadde klaga Daniel, skulle hentast og kastast i løvehola saman med borna og konene sine. Og endå før dei var komne til botnar i hola, rauk løvene på dei og krasa kvart beinet i kroppen deira. Etter dette skreiv kong Dareios til alle folk og ætter med ulike språk på heile jorda: «Eg ynskjer dykk fred og lukke. Med dette byd eg at folket i heile mitt rike skal ha age for Daniels Gud og skjelva for han. For han er den levande Gud, han skal vera til evig tid. Hans rike går ikkje til grunne, hans velde tek aldri slutt. Han frelser og friar ut, han gjer teikn og under i himmelen og på jorda. Det var han som frelste Daniel ¬frå løvene.» Sidan gjekk det Daniel vel både medan Dareios og Kyros var kongar i Persia. I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til. Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til. Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta. Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!» Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt. Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord. Så såg eg: Tronstolar vart sette fram, og ein som var gamal av dagar, ¬tok sete. Hans klednad var snøkvit og håret på hovudet hans ¬som rein ull. Hans trone var eldslogar og hjula under ¬brennande eld. Ei elv av eld strøymde fram, og ho gjekk ut framføre han. Tusen på tusen tente han, titusen på titusen ¬stod framføre han. Retten vart sett, ¬og bøker vart opna. Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast. Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid. Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ¬ein menneskeson. Han gjekk bort ¬mot den gamle av dagar og vart ført fram for han. Han fekk herredøme, ¬ære og rike; folk og ætter med ulike språk, alle folkeslag skal tena han. Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike går aldri til grunne. Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg. Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde: «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda. Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.» Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene. Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre. Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei, til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige. Så lydde svaret hans: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne. Dei ti horna tyder at det skal koma ti kongar i dette riket. Og etter dei skal det koma endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal slå tre kongar. Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid. Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid. Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.» Her endar forteljinga mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg vart bleik i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjarta. I det tredje året Belsasar var konge, fekk eg, Daniel, eit syn; det kom ei tid etter det førre. I dette synet såg eg at eg var i Susa-borga i provinsen Elam, og at eg var attmed Ulai-elva. Då eg såg opp, fekk eg auga på ein ver som stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge var store, men det eine var større enn det andre, og det største voks fram sist. Eg såg veren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga or hans vald. Veren bar seg åt som han ville, og fekk stor makt. Medan eg stod og såg på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit stort horn i skallen. Han kom bort til veren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft. Eg såg korleis han kom heilt bort til veren, stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Veren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka på han, og ingen kunne berga veren frå hans makt. Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane. Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet. Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei. Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre. Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?» Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.» Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og freista å skjøna det, stod det brått framfor meg ein skapnad som såg ut som ein mann. Og over Ulai høyrde eg ei menneskerøyst som ropa: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!» Så kom han bort til den staden der eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Høyr, menneske! For synet gjeld endetida.» Medan han tala til meg, låg eg sanselaus med andletet mot jorda. Men han tok i meg, reiste meg opp og sa: «No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet gjeld endetida. Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia. Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen. Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han. Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge. Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage. Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand. Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.» Eg, Daniel, var sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hjå kongen. Eg var lamslegen av synet og skjøna det ikkje. I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket – i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år. Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet. Eg bad til Herren min Gud, sanna vår synd og sa: «Å Herre, du store og agelege Gud, som held di pakt og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod! Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige; vi har vike av frå dine bod og lover. Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, hovdingane og fedrane våre, og til alt folket i landet. Din er retten, Herre, og vår er skamma; så er det i dag med Juda-mennene og Jerusalemsbuane og heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til fordi dei hadde vore trulause mot deg. Ja, Herre, vi må skjemmast, vi og kongane våre, hovdingane og fedrane våre, som har synda mot deg. Hjå Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving, endå vi har sett oss opp mot han. Vi høyrde ikkje på Herren vår Gud og levde ikkje etter lovene hans, som han la fram for oss ved tenarane sine, profetane. Heile Israel braut di lov, vende seg bort og høyrde ikkje på deg. Difor kom ho over oss, den forbanninga som Gud gjorde eid på at han ville senda, og som det er skrive om i lova åt Moses, Guds tenar. For vi hadde synda mot han. Han heldt sine ord som han hadde tala mot oss og mot dei styresmennene som rådde over oss. Han sende over oss ei ulukke så stor at det ikkje finst ein stad under himmelen der det har hendt noko slikt som i Jerusalem. Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna Herren vår Guds velvilje; vi vende ikkje om frå våre misgjerningar og akta ikkje på di sanning. Difor hadde Herren støtt ulukka for auga og lét henne koma over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han. Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut or Egypt med sterk hand og har vunne deg eit namn, så som det er i dag, vi har synda og vore ugudelege. Men Herre, du som har gjort så mange frelsesverk, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda, og fedrane våre har bore seg ille åt, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss. Høyr no, vår Gud, kva tenaren din bed, ja, naudbed deg om, og lat ditt åsyn lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre. Min Gud, vend øyra til og høyr! Lat opp augo dine og sjå røysane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre audmjuke bøner fram for deg, men i tillit til di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt på vår bøn! Grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.» Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell, ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram. Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn. Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet! Sytti veker er fastsette for ditt folk og din heilage by før vondskapen ¬har nått sitt mål, før synda tek slutt. Då vert skulda utstroken, det kjem ei evig rettferd, det profetane såg, vert stadfest, og Det høgheilage vert salva. Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde. Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til. Byen og heilagdomen ¬skal øydeleggjast av hæren åt ein fyrste ¬som kjem. Han skal enda sine dagar ¬i ein flaum. Den fastsette øydelegging skal vara til krigen er slutt. Éi veke gjer han pakta tung ¬for mange, midt i veka gjer han ende på slaktoffer og grødeoffer. På styggedoms venger kjem det ein som herjar, heilt til den fastsette ¬øydelegging strøymer ned ¬over øydaren sjølv.» I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet. På den tid hadde eg, Daniel, syrgt i tre veker. Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje i min munn, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var lidne. Den 24. dagen i den fyrste månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris. Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet. Kroppen hans var som krysolitt, andletet skein som lynet, og augo var som eldslogar; armane og føtene såg ut som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som larmen av ein stor folkehop. Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje, men det kom stor redsle over dei, og dei sprang og gøymde seg. Så vart eg att åleine. Og då eg hadde dette store synet, vart eg reint maktlaus. Eg skifte farge og vart likbleik; all mi kraft var borte. Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, seig eg sanselaus ned med andletet mot jorda. Då var det ei hand som tok i meg og hjelpte meg opp på hender og kne. Han sa til meg: «Daniel, du som er så høgt elska av Gud, gjev akt på dei orda som eg vil tala til deg, og reis deg opp att! For no er eg send til deg.» Då han tala såleis til meg, reiste eg meg skjelvande opp. Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen. Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen. No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.» Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus. Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte. Korleis skulle eg, den ringe tenaren åt herren min, kunna tala med ein herre som deg? Kreftene sviktar, og eg kan ikkje pusta lenger.» Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!» Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: «Tal, herre! For du har styrkt meg.» Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan. Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar. Og eg stod attmed han til hjelp og vern det fyrste året medaren Dareios styrte. No vil eg kunngjera sanninga for deg.» Endå skal det koma tre kongar i Persia. Den fjerde skal samla seg større rikdom enn alle dei andre, og når rikdomen har gjort han mektig, skal han eggja alle til strid mot det greske riket. Så kjem det ein krigarkonge. Han skal få stort velde og gjera som han sjølv vil. Men så snart han har stått fram, skal riket hans bryta saman og delast i fire, etter himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For riket skal bryta saman og gå over til andre. Kongen i sør skal vinna stor makt. Men ein av fyrstane hans skal verta endå mektigare og vinna eit herredøme som er større enn hans. Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar. På den tid skal ein av renningane frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot fiendehæren og bryt inn i festninga åt kongen i nord og vinn. Jamvel gudane deira fører han som hærfang til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og dei dyre kara av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord. Kongen i nord skal dra mot riket åt kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt. Sidan skal sønene hans bu seg til strid og samla store hærstyrkar. Ein av dei dreg inn i landet og fer over det som ein flaum. Men han bur seg på nytt og rykkjer fram mot festninga åt kongen i sør. Då vert han harm og dreg ut og strider mot kongen i nord, som fylkar ein stor hær; men hæren fell i fiendehand og vert bortsopt. Då vert kongen i sør hovmodig. Han feller mange tusen, men får likevel ikkje stor makt. Kongen i nord fylkar ein ny hær, som er endå større enn den fyrste. Og etter nokre år kjem han med ein stor hær og eit veldig tren. I dei tider gjer mange opprør mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt reiser seg, så synet vert stadfest; men dei fell. Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Styrkane frå sør held ikkje stand; ikkje eingong dei beste mellom dei maktar å gjera motstand. Fienden som kjem mot dei, kan gjera som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det fagre landet og fører øydelegging med seg. Han set seg føre å få heile riket åt kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei av døtrene sine til kone. Såleis vil han øydeleggja riket hans. Men det skal ikkje lukkast for han. Så vender han seg mot landa langsmed havet og tek mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på hovmodet hans og gjev han att for stormodet hans. Då vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han snåvar og fell, og det er ute med han. I hans stad skal det koma ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er ein prydnad for riket. Kort tid etter vert han knust, men ikkje på grunn av Guds vreide og ikkje i krig. I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list. Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta. Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet. Uventa gjer han innfall i dei grøderikaste bygdene i landet og gjer slikt som korkje fedrane hans eller deira fedrar har gjort. Gods som han har røva og teke, strøyer han ut til folket sitt. Han legg planar om åtak på festningsbyane; men det varer berre ei tid. Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør bur seg òg til krig med ein stor og mannsterk hær. Men han kan ikkje stå seg, for det vert lagt vonde planar mot han. Dei som et ved hans bord, bryt hans makt. Hæren hans vert bortsopt, og mannefallet er stort. Begge kongane har vondt i tankar. Dei sit ved same bord og talar lygn. Men planane deira lukkast ikkje. For enden kjem fyrst til den fastsette tid. Medan han er på heimveg med mykje gods, legg han planar mot den heilage pakta. Etter å ha sett dei i verk fer han attende til landet sitt. Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta. Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid. Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast. Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar og heller ikkje om grumguden åt kvinnene eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle. I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting. Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn. I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum. Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane. Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri. Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han. Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden. Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han. På den tid skal Mikael, den store fyrsten, stiga fram, han som vernar ¬dine landsmenn. Det skal koma ei trengselstid som det ikkje har vore ¬maken til heilt sidan folkeslag vart til. Men på den tid ¬skal folket ditt verta frelst, alle som er oppskrivne i boka. Og mange av dei ¬som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, andre til skam og evig avsky. Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange ¬til rettferd, skal skina som stjernene, ¬evig og alltid. Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka. Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva. Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?» Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.» Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?» Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.» Dette er Herrens ord som kom til Hosea, son til Be’eri, på den tid då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel. Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: «Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.» Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. Herren sa til han: «Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel. Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.» Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne ’Utan miskunn’! For eg vil ikkje lenger miskunna meg over Israels ætt og ikkje tilgje deira synd. Men Judas ætt vil eg miskunna meg over og la dei verta frelste ved Herren deira Gud. Eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og hestfolk.» Då ho hadde vant av ’Utan miskunn’, vart ho med barn att og fekk ein son. Herren sa: «Kall han ’Ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje dykkar Gud.» Likevel skal israelittane verta mange som havsens sand, som ikkje kan mælast eller teljast. I staden for at det no vert sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «borna åt den levande Gud». Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag. Dei skal ta landet i eige. Ja, stor er Jisre’els dag. De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn». Før klagemål mot mor dykkar, før klagemål mot henne! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Lat henne få horemina bort ¬frå andletet og horemerket frå barmen! Elles skal eg kle henne naken og stella henne fram ¬som ho var den dagen ho vart fødd. Eg vil gjera henne lik ¬ei øydemark, eit turrlende, og la henne døy av torste. Borna hennar ¬vil eg ikkje miskunna, for dei er horeborn. For mor deira var utru, ho som fekk dei, ¬bar seg skamleg åt. Ho sa: «Eg vil fara ¬etter mine elskarar, som gjev meg brød og vatn, ull og lin, olje og vin.» Sjå, difor vil eg stengja vegen for henne med klunger. Eg reiser ein mur ¬framføre henne, så ho ikkje finn sine stigar. Når ho renner ¬etter sine elskarar, skal ho ikkje nå dei att; når ho leitar etter dei, skal ho ikkje finna dei. Då skal ho seia: «Eg vil attende til min fyrste mann, for eg hadde det betre då ¬enn no.» Ho skjøna ikkje at det var eg som gav henne kornet, ¬vinen og oljen, som gav henne sølv og gull ¬i mengd, som dei bruka ¬når dei dyrka Ba’al. Difor vil eg ta att kornet mitt, ¬når den tid kjem, og vinen min, ¬når tida er komen. Eg vil ta bort ulla mi ¬og linet mitt, som skulle løyna ¬hennar nakne kropp. No vil eg kle henne naken beint for augo ¬på hennar elskarar, og ingen skal fria henne ut ¬or mi hand. Eg gjer ende ¬på all hennar glede, hennar festar, nymånedagar ¬og sabbatsdagar, alle hennar høgtider. Eg øydelegg hennar vintre ¬og fikentre. Om dei har ho sagt: ¬«Dei er mi løn, som mine elskarar gav meg.» Eg gjer dei til villskog, og dyra på marka skal eta dei. Eg krev henne til rekneskap ¬for dei dagar då ho brende offer ¬for Ba’al-gudane, pynta seg med ringar og kjeder og gjekk etter sine elskarar, men gløymde meg, lyder ordet frå Herren. Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren. Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el. Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ’Utan miskunn’. Til ’Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!» Herren sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elska ei kvinne som har ein elskar og bryt ekteskapet, liksom Herren elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!» Då kjøpte eg meg ei slik kvinne for femten sekel sølv og halvannan homer bygg. Og eg sa til henne: «I lang tid skal du sitja der utan å driva utukt. Du skal ikkje ha nokon annan mann, og heller ikkje eg vil koma til deg.» For i lang tid skal israelittane sitja der utan konge og hovding, utan offer og steinstøtte, utan efod og husgudar. Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren sin Gud og David, sin konge; og skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dei siste dagar. Høyr Herrens ord, ¬de Israels søner! Herren har sak med dei ¬som bur i landet. For det er inga sanning i folket og ingen truskap ¬og gudskjennskap. Dei sver og lyg, myrdar og stel, bryt ekteskapet og fer ¬med vald; mord fylgjer på mord. Difor skal landet visna, og alle som bur der, ¬tærast bort; både dyra på marka ¬og fuglane i lufta, jamvel fisken i havet ¬skal rydjast ut. Ingen skal klaga ¬eller refsa nokon. Folket ditt liknar dei ¬som trettar med ein prest. Du skal falla om dagen, og profeten skal falla ¬med deg om natta; og mor di vil eg tyna. Folket mitt skal gå til grunne fordi det ikkje kjenner Gud. Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han, vrakar eg deg som prest. Du gløymde lova åt din Gud, difor gløymer eg òg ¬dine søner. Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg, si ære bytte dei bort i skam. Dei lever av mitt folks synd og lengtar etter deira ¬misgjerning. Difor går det presten ¬som folket; eg vil straffa han for hans ferd og løna han ¬for hans gjerningar. Dei skal eta og ikkje mettast, driva utukt og ikkje auka i tal; for dei har vendt seg bort ¬frå Herren og bryr seg ikkje om han. Utukt, vin og annan rusdrikk gjer ende på vitet. Folket mitt spør si trestøtte ¬til råds, og spådomsstaven ¬gjev dei svar. For ei utuktsånd ¬har ført dei vilt, i truløyse har dei falle ¬frå sin Gud. Øvst oppå fjella ofrar dei; dei brenner offer på haugane, under eiker, poplar ¬og terebinter, for skuggen av dei er god. Difor driv døtrene ¬dykkar utukt, og sonekonene ¬bryt ekteskapet. Eg vil ikkje straffa ¬døtrene dykkar fordi dei driv utukt, eller sonekonene ¬fordi dei bryt ekteskapet; for mennene gøymer seg bort ¬med horkvinner og ofrar saman ¬med tempelskjøkjer. Det folket som ikkje har vit, ¬skal falla. Om du driv utukt, Israel, må ikkje Juda føra skuld ¬over seg! Gå ikkje til Gilgal, far ikkje opp til Bet-Aven, og sver ikkje: ¬«Så sant Herren lever!» For Israel er trassig ¬som ei ustyrleg ku. Skal då Herren la dei beita som lam på vide marker? Efraim er bunden ¬til gudebilete – lat han berre fara! Når deira drikkelag er slutt, går dei bort og driv utukt. Dei elskar skamma ¬åt dei skamlause. Ein storm skal gripa dei ¬med sine venger, dei skal verta til skammar ¬med sine offer. Høyr dette, de prestar, lyd etter, du Israels ætt! Kongehus, vend øyra til! For de har ansvar for retten, men de har vorte ¬ei snare for Mispa, eit utspent nett på Tabor og ei djup fallgrav i Sjittim. Men eg vil tukta dei alle. Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynd for meg. For no har du drive utukt, ¬Efraim, Israel har gjort seg urein. Deira gjerningar hindrar dei i å venda om til sin Gud. For dei har ei utuktsånd ¬i hjarta og kjenner ikkje Herren. Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv, Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd, og Juda skal snåva med dei. Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe, og søkjer Herren, finn dei han ikkje; han har vendt seg bort frå dei. Dei har vore trulause ¬mot Herren, for dei har fått uekte born. No skal nymånen gjera ende både på dei og jorda deira. Lat hornet gjalla i Gibea, blås i trompet i Rama, lyft hærrop, Bet-Aven! Dei er etter deg, Benjamin! Efraim skal verta ei øydemark den dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjort det som visseleg skal henda. Juda-hovdingane har vorte lik folk som flytter ¬merkesteinar. Over dei vil eg ausa ut min harme liksom vatn. Efraim er trælka, retten er trakka under fot; for folket gav seg til å fylgja det som ingenting er. Eg er som verkjesår for Efraim, som ròtenskap for Juda-ætta. Då Efraim såg sjukdomen sin, og Juda merka såret sitt, gjekk Efraim til Assur og sende bod til storkongen. Men han kan ikkje ¬gjera dykk friske og ikkje lækja dykkar sår. Sanneleg, eg er som ei løve ¬mot Efraim, som ei ungløve mot Juda-ætta. Ja, eg riv sund og går min veg, eg slepar bort, og ingen bergar. Eg går min veg attende til min stad til dess dei vedkjennest ¬si skuld og søkjer mitt åsyn. I si naud skal dei leita ¬etter meg. Kom, lat oss venda om ¬til Herren! For han som reiv sund, ¬vil lækja oss; han som slo, ¬vil binda om våre sår. Han vekkjer oss til liv ¬etter to dagar, den tredje dagen ¬reiser han oss opp, så vi kan leva for hans åsyn. Lat oss læra å kjenna Herren, ja, jaga etter å kjenna han! Han kjem like visst som ljoset om morgonen. Han kjem til oss som regnet, lik vårregn som væter jorda. Kva skal eg gjera med deg, ¬Efraim? Kva skal eg gjera med deg, ¬Juda? Dykkar truskap ¬er som ei morgonsky, lik dogg som tidleg kverv. Difor gjev eg dei hogg ¬ved profetane, eg drep dei ¬med ord frå min munn; mine domsord mot deg ¬går fram som ljoset. For eg vil ha truskap, ¬ikkje slaktoffer, gudskjennskap heller ¬enn brennoffer. Dei braut pakta i Adam, der var dei trulause mot meg. Gilead er ein by ¬med ugjerningsmenn, han er full av blodspor. Presteflokken er lik røvarar som ligg på lur etter menneske; dei myrdar på vegen til Sikem. Ja, skamlaust verk ¬har dei gjort. I Israels hus ser eg fæle ting; der driv Efraim utukt, der gjer Israel seg urein. For deg òg, Juda, er det fastsett ein haust. Når eg vender lagnaden ¬for mitt folk, når eg gjer Israel frisk, då vert Efraims syndeskuld ¬openberr, og Samarias vondskap ¬kjem til synes. Dei fer med svik, tjuvar bryt seg inn, og røvarar herjar på gata. Dei tenkjer ikkje på at eg kjem ¬all deira vondskap i hug. Men no møter dei ¬sine gjerningar ¬på alle kantar, eg har dei for auga. Dei gleder kongen ¬med sin vondskap og hovdingane ¬med sine lygner. Alle er dei ¬ekteskapsbrytarar. Dei liknar ein omn ¬som er så heit at bakaren ikkje treng fyra frå deigen er knadd ¬og til han er syrt. På festdagen åt kongen vår drikk hovdingane seg sjuke av den heite vinen; han retter handa til spottarar. Hjarta deira brenn ¬som ein omn der dei ligg på lur. Heile natta kviler deira vreide, om morgonen brenn han ¬som logande eld. Alle saman er heite ¬som ein omn, dei gjer ende på sine domarar. Alle kongane deira er falne, ingen av dei kallar på meg. Efraim blandar seg med folka, han er lik ei kake ¬som ikkje er vend. Framande har øydt hans kraft, men han veit det ikkje. Håret hans er gråsprengt, men han veit det ikkje. Byrgskapen åt israelittane vitnar mot dei sjølve, men dei vender ikkje om ¬til Herren sin Gud, og trass i alt som har hendt, søkjer dei han ikkje. Efraim har vorte som ei due, godtruen, utan vit. Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assyria. Så snart dei fer av stad, breier eg nettet mitt ut ¬over dei. Eg dreg dei ned ¬som fuglane i lufta; eg vil tukta dei, ¬som folket alt har høyrt. Ve dei, at dei rømde frå meg! Død over dei, ¬fordi dei braut med meg! Eg ville løysa dei ut, men dei tala lygn mot meg. Dei ropar ikkje til meg ¬av hjarta, men ligg og jamrar på lega si. Dei rispar seg opp ¬for å få korn og vin, men dei vender seg bort ¬frå meg. Det var eg som lærte dei opp og gav deira armar styrke, men dei tenkte ut vondt ¬mot meg. Dei vender seg til det ¬som ikkje gagnar, dei har vorte lik ein boge ¬som ikkje duger. Deira hovdingar skal falla ¬for sverd fordi dei forbanna ¬med si tunge. For dette vert dei spotta ¬i Egypt. Set hornet for munnen! Fienden kjem som ei ørn over Herrens hus, for dei har brote mi pakt og synda mot mi lov. Dei ropar til meg: «Min Gud! Vi kjenner deg, vi israelittar.» Men Israel har vraka ¬det som godt er, fienden skal forfylgja dei. Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg, valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det. Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt. Difor skal dei rydjast ut. Kast frå deg kalven din, ¬Samaria! Vreiden min logar mot dei. Kor lenge skal det vara før dei kan verta reine i Israel? Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven, og han er ingen gud; han skal verta slegen i knas. Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta. Kornet skyt ikkje aks og gjev ikkje mjøl; og gjev det mjøl, ¬et andre det opp. No er Israel slukt. Mellom folka ¬er dei lik eit kjerald som ingen bryr seg om. Dei fór bort til Assyria lik eit villesel ¬som flakkar ikring. Efraim kjøper seg kjærleik. Endå dei kjøpslår med folka, vil eg no driva dei saman. Dei skal vri seg ei lita stund under børa av skatt ¬til storkongen. Efraim har laga seg mange altar som har fått dei til å synda. Ei mengd med lover ¬har eg skrive for dei, men dei reknar dei ikkje ¬for sine. Dei elskar å bera fram ¬slaktoffer, og dei et av kjøtet, men Herren har ikkje hugnad ¬i dei. No vil han koma ¬deira misgjerning i hug og krevja dei til rekneskap ¬for deira synder. Dei skal attende til Egypt. Israel gløymde skaparen sin og bygde seg slott; Juda bygde ¬mange festningsbyar. Men eg vil senda eld ¬mot deira byar, han skal øyda deira borger. Gled deg ikkje, Israel! Jubla ikkje ¬som dei andre folka! I utruskap har du gått bort ¬frå din Gud, du ville gjerne ha horeløn på alle stader ¬der dei treskjer korn. Så skal ikkje treskjevoll og vinpresse gje dei føde, og vinhausten skal mislukkast ¬for dei. Dei skal ikkje få bu ¬i Herrens land. Efraim skal attende til Egypt, og i Assyria ¬skal dei eta urein mat. Dei skal ikkje ofra vin ¬til Herren, deira slaktoffer ¬skal ikkje tekkjast han. Det skal vera ¬som syrgjebrød for dei, alle som et det, vert ureine. For dei har sitt brød ¬for seg sjølve, det kjem ikkje til Herrens hus. Kva vil de gjera ¬på høgtidsdagen, på Herrens festdag? Sjå, kjem dei seg unna ¬øydelegginga, skal egyptarane samla dei og folket i Memfis ¬gravleggja dei. Nesler skal løyna ¬deira sølvskattar, klunger skal veksa i deira telt. Komne er rekneskapsdagane, komen er attergjeldstida; det skal Israel få merka. «Profeten er ein dåre, vitlaus er åndsmannen!» Ja, fordi di misgjerning ¬er så stor og din fiendskap så sterk! Profeten er Efraims vaktar ¬for min Gud, men snarer er det ¬på alle hans vegar; det er fiendskap i huset ¬åt hans Gud. Djupt har dei sokke ¬i vondskap, som i Gibeas dagar. Han skal koma ¬deira misgjerning i hug og krevja dei til rekneskap ¬for deira synder. Som druer i øydemarka fann eg Israel; som tidlegfrukt ¬på det unge fikentreet valde eg ut dykkar fedrar. Men då dei kom til Ba’al-Peor, vigde dei seg ¬til den avskyelege guden og vart ufyselege ¬som han dei elska. Efraims herlegdom kverv lik ein fugl som flyg bort. Ingen føder, ingen er svanger, og ingen vert med barn. Jamvel om dei fostrar born, skal eg gjera dei barnlause. Ja, ve dei, ¬når eg går frå dei! Eg såg Efraim planta i ei eng, like trygg som Tyrus. Men no må dei føra ¬borna sine ut til han som skal drepa dei. Gjev dei, Herre! Men kva skal du gje dei? Gjev dei morsliv ¬som føder for tidleg, og bryst som ikkje gjev mjølk. All deira vondskap ¬er samla i Gilgal, der fekk eg uvilje mot dei. Fordi dei har gjort ¬så mykje vondt, vil eg driva dei ut or mitt hus. Eg kan ikkje elska dei lenger, alle deira førarar er opprørarar. Efraim er slegen, ¬rota deira er turka, dei skal ikkje lenger bera frukt. Og jamvel om kvinnene føder, lèt eg deira kjære born døy. Min Gud skal støyta dei bort, fordi dei ikkje har høyrt ¬på han. Dei skal flakka ikring ¬mellom folka. Israel var eit frodig ¬vintre, som bar mykje frukt. Di meir frukt det bar, di fleire altar bygde dei. Di betre det gjekk deira land, di fagrare steinstøtter laga dei. Hjarta deira er falskt, no skal dei få bøta. Herren skal bryta ned ¬deira altar og øydeleggja ¬deira steinstøtter. Ja, no må dei seia: «Vi har ingen konge, for vi har ikkje hatt age ¬for Herren. Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?» Dei har tala tome ord, svore falskt og gjort pakt. Domen renn opp ¬som giftige planter i åkerfòrene. Dei som bur i Samaria, er redde for kalven ¬i Bet-Aven. Folket syrgjer over han, og prestane hans klagar, for hans herlegdom ¬er ført bort frå dei. Kalven òg skal førast til Assyria som ei gåve til storkongen. Skam skal Efraim få, Israel skal verta til skammar på grunn av sine planar. Kongen i Samaria skal kverva som ei treflis på vatnet. Øydast skal Avens ¬offerhaugar, der israelittane synda. Torn og tistel skal veksa oppetter altara deira. Dei skal seia til fjella: ¬Gøym oss! og til haugane: Fall over oss! Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar. Den gongen gjorde dei opprør. Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea? Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene, etter min hug vil eg tukta dei. Folkeslag skal samla seg ¬mot dei når dei vert tukta ¬for si doble skuld. Efraim var lik ei tamd kvige som gjerne ville treskja. Men eg la åk ¬på hennar fagre hals. Eg spente Efraim føre, Juda pløgde, og Jakob horva. Så rettferds sæde, og hausta truskaps frukt, bryt dykk nybrot! For no er det tid ¬til å søkja Herren, før han kjem og lèt rettferd regna over dykk. De har pløgt ned vondskap ¬og hausta urett, og den frukta de et, er lygn. For du sette lit til di ferd og til alle dine krigarar. Difor skal det reisa seg stridsgny i ditt folk, og alle dine borger ¬skal øydeleggjast, liksom Sjalman ¬øydela Bet-Arbel på stridens dag, ¬då mor og born vart knuste. Såleis vil eg gjera med dykk ¬i Betel fordi dykkar vondskap er stor. Når det ljosnar av dag, er det ute, ja ute ¬med Israels konge. Då Israel var ung, ¬fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min. Men di meir eg ropa på folket, di meir gjekk dei bort frå meg. Dei ofra til Ba’al-gudane, brende offer for gudebilete, – endå eg lærte Efraim å gå og tok dei på armane mine; men dei skjøna ikkje ¬at eg lækte dei. Eg drog dei med milde band, ja, med kjærleiks taumar. Eg stelte med dei ¬liksom bonden som lyfter åket frå nakken; eg bøygde meg ned ¬og gav dei mat. Dei skal ikkje koma attende ¬til Egypt, men Assur ¬skal vera kongen deira, for dei vil ikkje venda om. Sverdet skal rasa i byane deira, bryta sund bommane ¬og eta om seg, for deira planar er vonde. Mitt folk heng fast ¬ved sitt fråfall frå meg. Dei ropar alle til Den Høge, men han reiser dei ikkje opp. Korleis kan eg gje deg opp, ¬Efraim, la deg fara, Israel? Korleis gje deg opp som Adma, gjera med deg ¬som med Sebojim? Hjarta vender seg i meg, all min medynk vaknar. Eg vil ikkje fylgja ¬min brennande vreide, vil ikkje atter tyna Efraim. For eg er Gud ¬og ikkje eit menneske, heilag midt imellom dykk; eg vil ikkje koma med harme. Dei skal halda seg til Herren. Han skal brøla som ei løve. Og når han brøler, ¬skal sønene hans koma skjelvande frå vest. Skjelvande skal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur. Eg vil la dei bu i husa sine, lyder ordet frå Herren. Efraim omringar meg ¬med lygn, Israels ætt med svik. Juda held ikkje fast ved Gud, han som er heilag og trufast. Efraim trår etter vind, jagar heile dagen ¬etter austavind. Dei hopar opp lygn og vald. Dei gjer pakt med Assur og fører olje til Egypt. Herren fører sak med Juda, han vil straffa Jakob ¬for hans ferd, gje han att for det han har gjort. I mors liv heldt han bror sin ¬i hælen, i sin manndom ¬stridde han med Gud, han stridde med engelen ¬og vann. Han gret og bad om nåde. I Betel møtte han Gud – der talar han med oss. Herren, Allhærs Gud, Herren er hans namn. Men du skal venda om ¬til din Gud. Hald fast på truskap og rett, set alltid di von til din Gud! Kræmarfolket har falske vekter ¬i handa, det likar å gjera urett. Efraim seier: «Eg har då vorte rik, eg har fått meg eigedom! Med alt mitt strev ¬har eg ikkje vorte skuldig i noko som er synd.» Eg er Herren din Gud, heilt frå du var i Egypt. Enno vil eg la deg bu i telt som den gongen eg møtte deg. Eg tala til profetane. Eg lét dei få syner i mengd og tala i likningar gjennom dei. Er Gilead fullt av misgjerning, så skal dei verta til inkjes. Ofrar dei oksar i Gilgal, skal deira altar ¬verta som steinrøysar langsmed åkerfòrene. Jakob rømde til Aram-landet, Israel tente for ei kone, for å få seg ei kone gjætte han. Ved ein profet førte Herren Israel opp frå Egypt, og ved ein profet vakta han dei. Beisk harme har Efraim vekt. Herren skal la hans blodskuld koma over han sjølv og gje han att for hans spott. Når Efraim tala, ¬vart alle redde, han stod høgt i Israel. Men han dyrka Ba’al; såleis førte han skuld over seg ¬og døydde. Og no held dei fram ¬med å synda. Dei lagar støypte bilete ¬av sitt sølv og avgudar ¬etter sitt eige hovud – alt er det gjort ¬av handverkarar. Folk seier om dei: «Dei som ofrar menneske, ¬kysser kalvar.» Difor skal dei verta ¬som ei morgonsky, lik dogg som tidleg kverv, lik agner som blæs bort ¬frå treskjevollen, lik røyk som stig opp ¬gjennom ljoren. Eg er Herren din Gud, heilt frå du var i Egypt. Du kjenner ingen annan Gud ¬enn meg, forutan meg ¬finst det ingen frelsar. Eg tok meg av deg ¬i øydemarka, i det heite og turre landet. Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette. Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte, difor gløymde dei meg. Eg vil vera mot dei som ei løve, lik leoparden ¬som lurer ved vegen. Eg vil koma over dei ¬som ei binne som dei har teke ungane frå, og riva sund deira bryst. Eg vil eta dei opp som ei løve, villdyra i marka ¬skal slita dei sund. Når ulukka kjem, Israel, kven skal hjelpa deg då? Kvar er då din konge som kan berga deg ¬i alle dine byar, og kvar er dine styresmenn? Du har då sagt: «Gjev meg konge ¬og hovdingar!» Eg gjev deg ein konge ¬i min vreide, og i min harme tek eg han bort. Efraims misgjerning ¬er oppsamla, hans synd er gøymd. Riene kjem, han skal fødast, men han er ein uvitug son. Når tida er ute, kjem han ikkje fram frå mors liv. Or helheims vald ¬vil eg fria dei, frå døden vil eg løysa dei ut. Død, kvar er din pest? Dødsrike, kvar er di sott? Medkjensle veit eg ikkje av. Ja, han skil brør frå kvarandre. Det kjem ein austavind, ¬eit Herrens ver, farande opp frå øydemarka. Då vert brunnen tom ¬og kjelda turr. Skattkammeret vert plyndra for alle dyre eigneluter. Samaria skal bøta, fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, deira småborn skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp. Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall. Kom med dei rette ord, vend om til Herren og sei: «Tilgjev all vår skuld, og ta imot vår gode gåve, så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper! Assur kan ikkje hjelpa oss. Vi vil ikkje ri på hestar og ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.» Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjarta, for vreiden min har vendt seg ¬frå dei. Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea ¬på Libanon. Hans renningar ¬skal breia seg utover, han skal vera fager ¬som oliventreet og anga som skogen ¬på Libanon. Atter skal dei bu ¬i min skugge, endå ein gong ¬skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå ¬Libanon. Kva skal Efraim ¬med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma. Kven er så klok ¬at han skjønar dette, så vitug ¬at han merkar seg det? Ja, Herrens vegar er rette, dei rettferdige ferdast ¬på dei, men illgjerdsmennene ¬snåvar. Dette er Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel. Høyr dette, de eldste, lyd etter, alle som bur i landet: Har slikt hendt før i dykkar tid, eller då dykkar fedrar levde? Fortel om det til borna dykkar, og dei skal fortelja det ¬til sine born, som skal fortelja det ¬til den ætt som kjem. Det åma leivde, ¬åt grashoppa opp, det grashoppa leivde, ¬åt larva opp, det larva leivde, ¬åt gnagaren opp. Vakna, de drukne, og gråt! Klag, alle de som drikk vin, over druesaft ¬de ikkje fekk smaka! For eit folk har drege opp ¬mot mitt land, sterkt og utan tal. Tenner har dei som ei løve, og kjeve som ei løvinne. Dei la mine vintre aude og braut ned fikentrea, flekte borken, reiv lauvet av, så greinene vart kvite. Klag som ei syrgjekledd møy klagar over ¬sin ungdoms brudgom! Grødeoffer og drikkoffer kjem bort frå Herrens hus. Prestane, Herrens tenarar, ¬syrgjer. Markene er herja, jorda sturer. For kornet er øydelagt, ¬vinen innturka, og oljen er borte. Bøndene er vonbrotne, og vindyrkarane klagar over kveiten og bygget; for det finst ikkje grøde ¬på marka. Vintreet turka, ¬fikentreet visna. Granatepletre, palme og apal, kvart tre på marka ¬har turka bort; all glede er kvorven ¬mellom menneska. Kled dykk i syrgjebunad og hald klage, de prestar, skrik, de som gjer teneste ¬ved altaret! Gå inn og vak i syrgjeklede, de som tener min Gud. For grødeoffer og drikkoffer kjem ikkje til dykkar Guds hus. Lys ut ei faste, og kunngjer høgtidssamling! Kall saman dei eldste, ja, alle som bur i landet, til Herren dykkar Guds hus, og rop så til Herren: Ve oss, for ein dag! Ja, nær er Herrens dag! Han kjem med øyding ¬frå Den Allmektige. Vart ikkje maten borte ¬for augo våre, glede og jubel ¬frå vår Guds hus? Såkornet ligg innturka i jorda. Bingane er øydelagde, ¬låvane rivne, for kornet er borte. Kor buskapen rautar! Bølingen flakkar ikring, for dei har ikkje beite. Jamvel saueflokkane må lida. Herre, eg ropar til deg. For heten har gjort ende på beita i øydemarka. Solbrann har svidt av ¬kvart tre på marka. Jamvel villdyra styn ¬opp mot deg, for bekkefara er turre, og heten har gjort ende på beita i øydemarka. Blås i horn på Sion, lyft hærrop ¬på mitt heilage fjell, så alle i landet skjelv av redsle. For Herrens dag er nær, ¬han kjem, ein dag med mørker og dimme, ein dag med skyer og skodd. Det kjem eit stort ¬og mektig folk og breier seg ¬som morgonroden på fjellet. Det har aldri hatt sin like og skal heller ikkje få det frå ætt til ætt i alle år. Framføre det et elden opp, og bakom sleikjer logen. Framføre er landet ¬som hagen i Eden, og bakom ¬ligg ei livlaus øydemark; ingen bergar seg unna. Som hestar er folket å sjå til, som hingstar fer dei fram. Dei tråvar over åsryggene liksom larmande vogner, lik eld som sprakar i halmen, lik ein veldig hær ¬som er budd til strid. Folkeslag skjelv for dei, kvart andlet er eldande raudt. Som krigarar rusar dei fram, som stridsmenn ¬stormar dei murar. Kvar ein går strake vegen og bøyer ikkje av frå stigen. Ingen trengjer ¬den andre bort, kvar mann held sin plass. Dei rusar fram ¬mellom kastespyd og lèt seg ikkje stogga. Dei fer inn i byen, dei stormar opp på muren, dei trengjer inn i husa. Gjennom vindauga går dei ¬som tjuvar. Jorda skjelv framføre dei, og himmelen skjek. Sol og måne svartnar, og stjernene misser sin glans. Herren lyfter si røyst framfor fylkingen han fører; for veldig er hans hær og mange dei ¬som lyder hans ord. Ja, stor og skræmande ¬er Herrens dag, kven kan halda han ut? Men jamvel no, lyder ordet frå Herren, vend om til meg ¬av heile dykkar hjarta, med faste og gråt og klage! Riv ikkje kleda sund, men lat angeren riva i hjarta! Vend om til Herren ¬dykkar Gud! For han er nådig og mild, langmodig og rik på miskunn; han kan endra sin plan så han ikkje lèt ulukka koma. Kanskje snur han om ¬og endrar sin plan og legg velsigning etter seg – grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud. Blås i horn på Sion, lys ut ei faste og kunngjer høgtidssamling! Kall folket saman ¬og vigsla lyden, lat dei gamle samlast, ta småborn og spedborn med! Lat brudgomen gå ut ¬or sitt rom og brura ut or sitt kammer! Mellom forhall og altar skal prestane, Herrens tenarar, ¬gråta og seia: «Herre, spar ditt folk! Gjer ikkje din eigedom ¬til spott, lat ikkje framande råda ¬over dei! Kvifor skal dei seia ¬mellom folka: Kvar er deira Gud?» Då vart Herren fylt med brennhug for sitt land og viste medkjensle ¬med sitt folk. Og Herren svara sitt folk: Eg sender dykk korn ¬og vin og olje, så de kan mettast. Aldri meir skal eg gjera dykk til spott mellom folka. Fienden frå nord vil eg driva langt bort frå dykk og jaga han til eit turt ¬og øyde land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Tev og vond lukt ¬skal stiga opp frå han, for han sette seg føre ¬å gjera storverk. Ver ikkje redd, du åkerjord, fagna deg og ver glad! For Herren gjer storverk. Ver ikkje redde, ¬de dyr på marka, for beita i øydemarka grønkast, og trea gjev si frukt, fikentre og vintre ber rikt. Fagna dykk, de Sions søner, gled dykk i Herren ¬dykkar Gud! For i rettferd gjev han dykk ¬haustregn, han sender dykk regn, haustregn og vårregn som før. Kvar treskjevoll ¬fyllest med korn, pressekummane fløymer ¬med druesaft og olje. Eg gjev dykk att for dei år då grashoppesvermen herja, og larva, gnagaren og åma, min store hær ¬som eg sende mot dykk. De skal eta og mettast og prisa namnet ¬åt Herren dykkar Gud. For han steller underfullt ¬med dykk, og folket mitt skal aldri ¬verta til skammar. De skal merka ¬at eg er hjå Israel. Eg og ingen annan ¬er Herren dykkar Gud, og folket mitt skal aldri ¬verta til skammar. Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord; dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. Jamvel over trælar ¬og trælkvinner vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagane. Eg lèt teikn syna seg ¬på himmel og jord: blod og eld og røyksøyler. Sola vert omskapt, ho svartnar, og månen vert som blod, før Herrens dag kjem, den store og skræmande. Men kvar den ¬som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. For på Sion-fjellet ¬og i Jerusalem skal det finnast ein flokk ¬som har sloppe unna, så som Herren har sagt. Og mellom dei ¬som har berga seg, er dei som Herren kallar. For sjå, i dei dagar ¬og på den tid, når eg vender lagnaden ¬for Juda og Jerusalem, då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang ¬med dei om Israel, mitt folk ¬og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin ¬– og drakk. Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land. No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala. Rop dette ut mellom folka: Bu dykk til heilag krig, ¬vekk krigarane! Lat alle stridsmenn møta fram ¬og dra ut! Smid plogjerna om til sverd og vingardsknivane til spyd! Den veike skal seia: ¬«Eg er ei kjempe.» Skunda dykk og kom! Kom saman, alle de folkeslag ¬rundt ikring! Herre, før dine krigarar dit! Folkeslaga skal ta ut og fara til Josjafat-dalen. For der vil eg sitja til doms over folk frå alle kantar. Sving sigden, ¬for grøda er mogen! Kom og trakk, ¬for vinpressa er full, pressekummane fløymer over! For vondskapen åt folka er stor. Det er eit mylder ¬og ståk i avgjerdsdalen, Herrens dag er nær ¬i avgjerdsdalen. Sol og måne svartnar, og stjernene misser sin glans. Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men Herren er eit vern ¬for sitt folk, ei borg for Israels søner. Då skal de sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur på Sion, ¬mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ¬ein heilag stad, der skal framande ¬aldri meir koma inn. Den dagen skal det henda at fjella dryp av druesaft, og haugane fløymer av mjølk, og i alle bekkefar i Juda skal det renna vatn. Ei kjelde vell fram ¬frå Herrens hus og vatnar Akasiedalen. Egypt skal verta ei audn og Edom ei øydemark for sitt valdsverk ¬mot judearane. For det var i deira land dei spilte skuldlaust blod. Men i Juda ¬skal det alltid bu folk, og i Jerusalem ¬skal ætt fylgja ætt. Eg vil hemna dei drepne og ikkje spara dei skuldige. Herren bur på Sion. Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet. Han sa: Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem. Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane stura og alt turka bort ¬på Karmels topp. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei har treskt Gilead med jernslegne sledar. Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus, han skal øyda ¬Benhadads borger. Eg bryt sund ¬portbommen i Damaskus, rydjar ut dei ¬som bur i Aven-dalen, og han som ber kongsstav ¬i Bet-Eden. Og folket i Aram ¬skal førast til Kir, seier Herren. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Gasa har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei førte bort alle dei hadde teke til fange, og gav dei i Edoms vald. Men eg sender eld ¬mot muren kring Gasa, han skal øyda borgene i byen. Eg rydjar ut dei ¬som bur i Asjdod, og han som ber kongsstav ¬i Asjkalon. Eg vender mi hand mot Ekron, og resten av filistarane ¬skal gå til grunne, seier Herren Gud. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Tyrus har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For alle dei hadde teke ¬til fange, gav dei i Edoms vald; dei kom ikkje brorskapspakta ¬i hug. Men eg sender eld ¬mot muren kring Tyrus, han skal øyda borgene i byen. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Edom har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei forfylgde sine brør ¬med sverd og viste ikkje medkjensle. Dei heldt alltid fast ¬på sin vreide og gav aldri opp sin harme. Men eg sender eld mot Teman, han skal øyda borgene i Bosra. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬ammonittane har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei skar opp ¬svangre kvinner i Gilead då dei ville gjera ¬sine grenser vide. Men eg kveikjer eld ¬mot muren kring Rabba, han skal øyda borgene i byen, medan hærrop lyder ¬på stridens dag, og stormen rasar ¬på uversdagen. Då skal kongen deira ¬førast bort som fange saman med hovdingane sine, ¬seier Herren. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Moab har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk. Men eg sender eld mot Moab, han skal øyda borgene ¬i Kerijot. Moabittane skal døy ¬i stridsgny, medan hærrop lyder ¬og horn gjallar. Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet, og drep alle hovdingar ¬saman med han, seier Herren. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Juda har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei vanvørde Herrens lov og heldt ikkje ¬hans føreskrifter, men lét seg føra vilt ¬av lygngudane, som fedrane deira hadde fylgt. Men eg sender eld mot Juda, han skal øyda borgene ¬i Jerusalem. Så seier Herren: For tre ugjerningar ¬Israel har gjort, ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom. For dei sel rettferdige ¬for pengar og fattigfolk for eit par skor. Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvet og trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen. Ein mann og far hans ¬går til same jenta og vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn. Dei strekkjer seg ¬på pantsette klede attmed kvart altar, og vin som dei har teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud. Og det var då eg som rudde ut amorittane ¬for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta ovantil og røtene nedantil. Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egypt og leidde dykk i øydemarka ¬i førti år, så de kunne ta amorittlandet ¬i eige. Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetar og nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar. Er det ikkje så, de israelittar? lyder ordet frå Herren. Men de gav nasirearane ¬vin å drikka og forbaud profetane ¬å forkynna. Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykk som under ei vogn full av korn. Den lettføtte finn ikkje livd, den sterke får ikkje ¬bruka si kraft, og krigaren bergar ikkje sitt liv. Bogeskyttaren held ¬ikkje stand, den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna, og ryttaren bergar ikkje livet. Den djervaste av krigarane skal røma naken den dagen, lyder ordet frå Herren. Høyr dette ordet som Herren har tala mot dykk, de Israels søner, mot heile den ætta som eg førte opp ¬frå Egyptarlandet: Berre dykk ville eg ¬kjennast ved mellom alle folk på jorda. Difor krev eg dykk ¬til rekneskap for alle syndene dykkar. Går vel to i lag når dei ikkje har vorte samde ¬om det? Brøler løva i skogen når ho ikkje har funne rov? Brummar ungløva i hola si når ho ikkje har fanga noko? Fell ein fugl i ei snare på marka når ingen har sett ¬ei snare for han? Sprett ei felle opp frå marka utan at ho har fanga noko? Gjallar vel hornet i ein by utan at folket skjelv av redsle? Eller hender det ei ulukke ¬i byen utan at Herren har gjort det? For Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openberra ¬sitt råd for tenarane sine, profetane. Når løva brøler, kven må ikkje reddast då? Når Herren Gud har tala, kven må ikkje då ¬tala profetord? Rop ut over borgene i Asjdod, over slotta i Egypt, og sei: Kom saman på Samaria-fjella! Sjå redsla og rådløysa i byen og den valdsferd som der rår! Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette, lyder ordet frå Herren, dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott. Difor seier Herren Gud: Fiendar skal kringsetja landet, di sterke festning ¬skal rivast ned, og borgene skal plyndrast. Så seier Herren: Som når ein gjætar bergar ut or løvegapet to leggbein eller ein øyrelapp, så skal israelittane verta berga, dei som sit i sofakroken ¬i Samaria og på divanar i Damaskus. Høyr og vitna mot Jakobs ætt! lyder ordet frå Herren Gud, ¬Allhærs Gud. Den dagen eg krev Israel ¬til rekneskap for syndene deira, lèt eg straffa koma ¬over altara i Betel. Då vert altarhorna avhogne og fell til jorda. Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshusa vert ¬øydelagde, og mange bygningar sig i røys, lyder ordet frå Herren. Høyr dette ordet, ¬de Basan-kyr som bur på Samaria-fjellet! De trælkar småkårsfolk og knuser dei fattige. De seier til mennene dykkar: «Kom med vin, ¬så vi får drikka!» Herren Gud har svore ¬ved sin heilagdom: Sjå, dagar kjem over dykk då de skal slepast bort ¬med hakar og dei siste av dykk ¬med fiskekrokar. Ut gjennom murrivner ¬skal de fara, den eine etter den andre. De skal drivast bort ¬til Hermon, lyder ordet frå Herren. Kom til Betel og synda, til Gilgal og synda til gagns! Ber fram slaktoffer ¬om morgonen og tiender den tredje dagen! Lat røyken av syrt brød stiga opp som takkoffer, lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent! For så vil de ha det, ¬de Israels søner, lyder ordet frå Herren Gud. Eg lét dykk gå med tom munn i alle byane dykkar og lét dykk vera utan brød alle stader der de budde. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren. Eg heldt regnet att for dykk då det endå var tre månader ¬til hausten. Eg lét det regna over éin by, men ikkje over ein annan. Eitt jordstykke fekk regn, eit anna fekk ikkje og turka ut. Frå to, tre byar raga dei av stad til same by, ville drikka vatn, og fekk ikkje sløkkja torsten. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren. Eg slo dykk med kornbrann ¬og rust, eg turka ut hagane ¬og vingardane dykkar, og grashopper åt opp fikentre ¬og oliventre. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren. Eg sende pest mellom dykk ¬som i Egypt. Eg drap dykkar unggutar ¬med sverd, og hestane gav eg til hærfang. Eg lét teven frå krigsleiren stiga opp i nasen på dykk. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren. Eg sende øyding over dykk, som då Gud la Sodoma ¬og Gomorra i grus; de var som ein brand, ¬riven ut or elden. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren. Difor vil eg gjera så med deg, ¬Israel! Og fordi eg vil gjera det, så bu deg, Israel, ¬til å møta din Gud! Sjå, han som lagar fjella ¬og skaper vinden, som gjer mennesket kjent ¬med sine tankar, han som gjer morgonroden ¬til mørker og fer fram ¬over høgdene på jorda – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn. Høyr dette ordet, ¬Israels ætt, ein klagesong ¬som eg syng om deg! Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir, Israel, den unge møy. Ho ligg der ¬bortslengd på si jord, og ingen reiser henne opp. For så seier Herren Gud: Den byen som sender ut ¬tusen mann, får berre hundre att, og den som sender ut ¬hundre mann, får berre ti att – i Israels ætt. Så seier Herren til Israels ætt: Søk meg, så skal de leva! Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal, og far ikkje over til Be’er-Sjeba! For folket i Gilgal ¬skal førast bort, Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt. Søk Herren, så skal de leva! Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt; elden øyder, og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja. Dei gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jorda. Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion, han som gjer stummande ¬mørker til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn. Han lèt undergang lyna ¬over borger, lèt festningar siga i røys. Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget, og styggjest ved dei ¬som talar sant. De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor skal de ikkje få bu i dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein, og ikkje få drikka vin frå dei herlege vingardar ¬de har planta. For eg veit ¬at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal, de som forfylgjer ¬skuldlaust folk, lèt dykk kjøpa for pengar og driv fattigfolk bort ¬frå retten. Difor teier den kloke ¬i denne tid; for ei vond tid er det. Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, Allhærs Gud, vera med dykk, som de seier. Hata det vonde ¬og elska det gode, hald retten høgt på tinget! Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud, vera nådig mot Josefs rest. Difor seier Herren, Herren, Allhærs Gud: På alle torg skal lik-klage lyda, i alle gater skal dei ropa: «Ve!» Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid, senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga. I alle vingardar skal dei jamra når eg skrid fram ¬imellom dykk, seier Herren. Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje ljos. Det er som når ein mann rømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn; og kjem han heim ¬og stør handa til veggen, vert han biten av ein orm. Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos, kolmørk er han og utan ljoske. Eg hatar og styggjest ¬ved festane dykkar, stemnene dykkar ¬byd meg imot. For om de ber fram brennoffer ¬eller grødeoffer, så bryr eg meg ikkje om dei. Og dykkar måltidsoffer ¬med gjøkalvkjøt ser eg ikkje på. Lat meg sleppa ¬dine ståkande songar, eg vil ikkje høyra ¬ditt harpespel! Lat retten vella fram som vatn, og rettferd lik bekker ¬som aldri turkar. Bar de fram for meg slaktoffer ¬og grødeoffer dei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt? Og bar de Sakkut, ¬kongen dykkar, og Kevan, ¬stjerna åt guden dykkar, bileta som de har laga? Eg fører dykk i fangenskap til landet bortanfor Damaskus, seier Herren – Allhærs Gud ¬er hans namn. Ve dei som sit trygge ¬på Sion og utan sut på Samarias fjell, dei gjævaste ¬i det fremste folket, dei som Israels-ætta ¬vender seg til. Far over til Kalne og sjå, gå derifrå til Hamat, ¬den store byen, og far ned til Gat i Filistarland! Er de betre enn desse rika, har de eit større land enn dei, de som jagar ulukkedagen ¬frå dykk og kallar fram ¬eit valdsherredøme? Dei ligg på elfenbeinsbenker og strekkjer seg på divanar, dei et lam or saueflokken og gjøkalvar or buskapen. Dei syng allslags tull ¬til harpelåt, og finn opp instrument ¬liksom David. Dei drikk vin or offerskåler og salvar seg ¬med den beste olje, men syrgjer ikkje ¬over Josefs skade. Difor skal dei no førast bort, fremst i fangeflokken; då vert det slutt på skrålet frå dei som ligg og dreg seg. Herren Gud ¬har svore ved seg sjølv, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud: Eg styggjest ¬ved Jakobs byrgskap og hatar slotta der; eg gjev opp byen ¬og alt som i han er. Om ti menn vert att i eitt og same huset, skal dei òg døy. Og ein mann som skal brenna den døde frenden sin, tek han og ber beina ut or huset. Han seier til den som er inst i huset: «Er det nokon att hjå deg?» Den andre svarar: «Nei, ingen.» Så seier han: «Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast.» For sjå, Herren byd, og han slår det store huset i knas, og det vesle huset så det rivnar. Spring vel hestar ¬oppetter bratte fjellet, pløyer ein havet med oksar? Men de gjer retten om til gift og rettferds frukt til malurt. De gleder dykk over Lo-Debar ¬og seier: «Var det ikkje med eiga kraft vi tok Karnajim?» Sjå, no reiser eg eit folk mot deg, du Israels ætt, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Dei skal trælka dykk frå Lebo-Hamat ¬til Araba-bekken. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Han skapte grashopper då håa tok til å veksa; det var håa etter kongens slått. Då dei hadde ete opp alt graset ¬i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?» Då endra Herren sitt forsett. «Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store havdjupet og heldt på å eta opp landjorda. Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?» Då endra Herren sitt forsett. «Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud. Dette synet lét han meg sjå: Herren stod på ein mur, og i handa hadde han ¬eit blylodd. Og Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det. Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar ¬siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.» Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar. For Amos har sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og israelittane skal førast bort som fangar frå sitt land.» Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet. I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.» Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein. Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken. Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!» Så høyr no Herrens ord: Du seier: «Tal ikkje profetord ¬mot Israel, og preik ikkje mot Isaks ætt!» Difor seier Herren: Kona di skal driva utukt i byen, dine søner og døtrer ¬skal falla for sverd, di jord skal mælast ut til andre, du sjølv skal døy ¬på urein grunn, og Israel skal førast bort ¬frå sitt land. Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: ei korg med mogen frukt. Han sa: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: ¬«Ei korg med mogen frukt.» Då sa Herren til meg: «Enden er komen for Israel, ¬mitt folk, eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det. Kvinnene som syng i slottet, skal jamra den dagen, lyder ordet frå Herren Gud. Alle stader ligg det lik i mengd. Dei er slengde til sides. Hysj!» Høyr, de som trakkar ¬fattigfolk ned og gjer ende på dei hjelpelause ¬i landet! De seier: ¬«Når er nymånedagen slutt, så vi kan selja korn, og sabbaten til ende, så vi kan opna vår kornbu?» Då gjev de ringt mål og tek for stor betaling og fuskar med falske vekter. De kjøper småkårsfolk ¬for pengar, ein fattig stakkar ¬for eit par skor og seier: ¬«No sel vi avfallskorn!» Herren har svore ¬ved Jakobs ære: Aldri skal eg gløyma alt det dei har gjort! Må ikkje jorda skjelva for slikt, så alle som bur der, syrgjer? Ja, må ho ikkje stiga som Nilen, stiga og siga som elva i Egypt? Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren Gud: Eg lèt sola glada middagstider, gjer jorda mørk ¬ved høgljos dag. Eg gjer dykkar festar ¬til syrgjehøgtid og alle dykkar viser ¬til klagesong. Eg legg syrgjeklede ¬om alle lender og lèt kvart hovud ¬rakast snautt. Eg valdar slik sorg som når ein syrgjer ¬over einaste sonen, og enden vert ¬som ein ulukkedag. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren Gud, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød ¬eller torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord. Dei skal flakka om ¬frå hav til hav, sviva ikring frå nord til aust og leita etter Herrens ord, men dei skal ikkje finna det. Fagre jenter og sterke gutar skal siga om av torste ¬den dagen. Dei som sver ¬ved Samarias synd og seier: ¬«Så sant din gud lever, Dan!» og: «Så sant din gud lever, ¬Be’er-Sjeba!», dei skal falla ¬og aldri reisa seg meir. Eg såg Herren stå ¬attmed altaret. Han sa: Slå til søylehovuda, så dørstokkane skjelv, og knus dei, så dei fell i hovudet på dei alle! Resten vil eg drepa med sverd. Ingen av dei skal kunna røma, ingen av dei skal sleppa unna. Om dei bryt seg inn ¬i dødsriket, skal mi hand henta dei der, og fer dei opp til himmelen, skal eg støyta dei ned derifrå. Om dei gøymer seg ¬på Karmels topp, skal eg leita dei opp ¬og henta dei ned, og løyner dei seg for meg ¬på havsens botn, skal eg by ormen bita dei. Om fiendar fører dei ¬i fangenskap, skal eg by sverdet ¬drepa dei der. Eg vil retta augo mot dei til ulukke og ikkje til lukke. Herren, Allhærs Gud, rører jorda så ho skjelv, og alle som bur der, syrgjer, ja, heile jorda stig som Nilen og sig som elva i Egypt. Han som har bygt ¬sin høgsal i himmelen og reist sin kvelv over jorda, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn. Er de, israelittar, meir for meg ¬enn Nubias søner? lyder ordet frå Herren. Eg førte Israel opp frå Egypt, men også filistarane frå Kaftor og aramearane frå Kir. Sjå, Herren Gud ¬har augo vende mot det syndige riket: No vil eg rydja folket ¬ut or landet. Men eg vil ikkje heilt gjera ende på Jakobs ætt, ¬seier Herren. For sjå, eg gjev påbod, og så rister eg Israels ætt mellom alle folkeslaga, som når ein rister ¬korn i såld, og ikkje ein stein fell ¬til jorda. For sverdet skal dei døy, alle syndarane i mitt folk, dei som seier: ¬«Ulukka når oss ikkje, ho kjem aldri over oss.» Den dagen ¬reiser eg opp att Davids falne hytte. Eg murar att rivnene og reiser det som ligg ¬i røys; eg byggjer henne ¬som i gamle dagar. Så kan dei ta resten ¬av Edom i eige og alle dei andre folkeslaga som er nemnde ¬med mitt namn, lyder ordet frå Herren, som fullfører dette. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då dei tek til å pløya ¬før skurden er slutt, og trakkar druer ¬til kornet skal såast. Druesafta skal drypa ¬frå fjell og fløyma i alle bakkar. Då vender eg lagnaden ¬for Israel, mitt folk. Nedrivne byar ¬skal dei byggja og bu i; vingardar skal dei planta ¬og sjølve drikka vinen, hagar skal dei stella til ¬og sjølve eta frukta. Eg plantar dei atter ¬i eiga jord; aldri meir skal dei ¬rykkjast opp or sitt land, som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud. Dette er synene åt Obadja. Så seier Herren Gud om Edom: Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren, eit bod er sendt ut ¬mellom folka: «Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!» Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka, djupt vanvørd skal du vera. Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg, du som bur i bergrivner og har ditt tilhald i høgdene, du som tenkjer med deg sjølv: Kven kan støyta meg til jorda? Om du byggjer høgt som ørna, ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene, så vil eg støyta deg ned derifrå, lyder ordet frå Herren. Om det kom tjuvar til deg eller røvarar om natta – å, kor du vert herja – ville dei då stela meir ¬enn dei trong? Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard, så leivde dei vel ¬til ei ettersanking. Å, kor dei har ransaka Esau, leita opp hans løynde skattar! Dei du var i pakt med, driv deg heilt til grensa. Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg; dei har fått overtaket på deg. Dei som åt av ditt brød, har sett snarer for deg og seier: «Det finst ikkje vit i han.» Den dagen vil eg sanneleg rydja ut dei vise or Edom og dei kloke frå Esaus fjell, lyder ordet frå Herren. Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle, kvar einaste mann skal drepast og rydjast bort frå Esaus fjell. For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din, skal du sveipast i skam. Du skal rydjast ut for alltid. Den dagen du heldt deg borte, den dagen framande ¬røva hans gods, då utlendingar gjekk inn ¬i hans port og kasta lodd om Jerusalem, då var du òg som ein av dei. Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror din då ulukka råka han, ikkje gledt deg over judearane den dagen dei gjekk til grunne, og ikkje bruka så store ord den tid dei var i naud. Du skulle ikkje ha trengt inn i porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen. Du skulle slett ikkje ¬ha gledt deg over det dei leid den dagen, og ikkje rett handa ut etter rikdomen deira den usæle dagen. Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskila og hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna, og ikkje gjeve i fiendehand dei som slapp frå det den dagen folket var i naud. For Herrens dag er nær over alle folkeslag; som du har gjort, skal det gjerast med deg. Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud. Som de drakk ¬på mitt heilage fjell, skal kvart folkeslag ¬alltid drikka. Dei skal drikka i fulle drag og verta som om ¬dei aldri hadde vore til. Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til, dei som har sloppe unna, og det skal vera ein heilagdom. Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom. Jakobs ætt skal verta ein eld og Josefs ætt ein loge. Men Esaus ætt ¬skal verta til halm, som vert sett i brann og øydd. Av Esaus ætt vert ingen att. Herren har tala. Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead. Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev. Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til. Herrens ord kom til Jona, son til Amittai, og det lydde så: «Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han at eg har sett vondskapen der!» Men Jona stod opp og ville røma for Herren til Tarsis. Han fór ned til Jaffa og fann eit skip som skulle dit. Så betalte han for ferda og gjekk om bord. Han ville vera med til Tarsis, bort frå Herren. Men Herren sende ein sterk storm over havet. Det bles så hardt at skipet heldt på å verta knust. Då vart sjømennene redde og ropa kvar til sin gud, og lasta som var om bord, kasta dei på sjøen, så skipet skulle letna. Jona hadde gått ned i skipet og låg og sov fast. Då gjekk skipsføraren til han og sa: «Korleis kan du liggja og sova så godt? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden din vil koma oss i hug, så vi ikkje går under.» Og sjømennene sa til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lodd, så vi får vita kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss!» Så kasta dei lodd, og loddet fall på Jona. Då sa dei til han: «Sei oss kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss! Kva ærend er du ute i, og kvar kjem du frå? Kva land er du frå, og kva folk høyrer du til?» Han svara: «Eg er hebrear, og eg dyrkar Herren, Gud i himmelen, han som har skapt havet og fastlandet.» Då vart sjømennene fælande redde og sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren; det hadde han fortalt dei. «Kva skal vi gjera med deg,» sa dei, «så havet kan leggja seg?» For havet vart meir og meir opprørt. Han svara: «Ta og kast meg i havet, så skal det stilna! For eg veit at det er for mi skuld den sterke stormen er komen over dykk.» Sjømennene prøvde å ro til lands att, men dei greidde det ikkje. For sjøen bar meir og meir imot. Då ropa dei til Herren: «Å Herre, lat oss ikkje gå under fordi denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma over oss! For du, Herre, har gjort som du vil.» Så tok dei Jona og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa, og mennene fekk stor age for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader. Men Herren sende ein stor fisk, som slukte Jona; og han var i buken på fisken i tre dagar og tre netter. Jona bad til Herren sin Gud frå fiskebuken og sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg. Eg ropa frå djupaste dødsriket, og du høyrde mi røyst. Du kasta meg i djupet ¬midt på havet, og straumen kringsette meg. Alle dine brot og bylgjer ¬slo over meg. Då tenkte eg: Eg er støytt bort frå deg. Skal eg aldri meir få sjå ¬ditt heilage tempel? Vatnet nådde meg ¬heilt til halsen, havdjupet var ikring meg ¬på alle kantar. Tang sveipte seg ¬om mitt hovud. Radt til fjellbotnane fór eg ned. Heimsens bommar stengdest etter meg for alltid. Men du, Herre min Gud, førte meg levande opp ¬or grava. Då mi sjel var kraftlaus, kom eg Herren i hug, og mi bøn nådde til deg, til ditt heilage tempel. Dei som dyrkar falske ¬og gagnlause gudar, har gjeve opp sin truskap ¬mot deg. Men eg vil ofra til deg ¬med takkesong. Det eg har lova, vil eg halda. Frelsa kjem frå Herren. Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på land. Då kom Herrens ord til Jona andre gongen, og det lydde så: «Stå opp, gå til Ninive, den store byen, og rop ut over han den bodskapen eg gjev deg!» Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsleier lang. Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: «Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!» Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små. Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet. Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: «Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer. Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.» Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla. Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm. Han bad til Herren: «Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma. Men no, Herre, ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.» Men Herren svara: «Har du grunn til å vera harm?» Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austanfor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta. Han ville sjå korleis det gjekk med byen. Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken. Men morgonen etter, då det ljosna av dag, sende Gud ein orm, og han stakk ricinus-busken så han visna. Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind, og sola stakk Jona i hovudet så han vart heilt utmødd. Han ynskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.» Men Gud sa til Jona: «Har du grunn til å vera harm over ricinus-busken?» Han svara: «Ja, eg har så god grunn til å vera harm at eg kunne døy.» Då sa Herren: «Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt. Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?» Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem. Høyr, alle de folkeslag! Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er! Herren Gud skal vitna ¬mot dykk, vitna frå sitt heilage tempel. Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad, stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda. Fjella brånar under han, og dalane rivnar, som voks når det brånar i eld, som vatn når det renn ¬utfor stup. Alt dette hender fordi Jakob har falle frå, fordi Israel har synda. Kva er så Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kva er Judas synd? Er det ikkje Jerusalem? Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøys og marka i byen ¬til vingardsjord. Eg velter steinane ned i dalen og legg ¬byens grunnvollar berre. Alle gudebileta der ¬skal knusast og horegåvene brennast i eld, avgudsbileta gjer eg til inkjes. Med horeløn er dei samla, og til horeløn skal dei verta. Difor må eg klaga og jamra, gå berrføtt og naken ikring, klaga som sjakalen og jamra som strutsen. For Juda har fått eit slag, og såret er ulækjande. Det har nått til porten ¬åt mitt folk, heilt til Jerusalem. Fortel ikkje dette i Gat! Hald opp med gråt og skrik! Velt dykk i støvet i Bet-Leafra! Far nakne og vanæra bort, de som bur i Sjafir! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Klageropa i Bet-Haesel riv grunnen bort under dykk. Korleis kan folket i Marot venta seg noko godt, når ulukke frå Herren slår ned ved Jerusalems port? Spenn hestane for vogna, de Lakisj-buar! De vart opphav til Sions synd. Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna. Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve! Som ein sviktande bekk er husa i Aksib ¬for Israels kongar. Endå ein gong ¬sender eg mot dykk, de Maresja-buar, ein som skal leggja dykk ¬under seg. Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad. Klypp deg snau, rak håret av i sorg over borna dine! Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud, for dei er førte bort ifrå deg! Ve dei som tenkjer ut urett og emnar på vondt medan dei ligg på si lege! Dei set det i verk ¬når det ljosnar av dag, fordi det står i deira makt. Dei trår etter marker ¬og røvar dei, etter hus og tek dei. Dei slår under seg mann ¬og hus, bonden og hans eigedom. Difor seier Herren: Eg tenkjer ut ei ulukke ¬mot denne ætta, den kan de aldri fria dykk frå. De skal ikkje lenger ¬gå stolte ikring, for det vert ei vond tid. Den dagen skal dei syngja ¬ei nidvise og setja i med ein klagesong ¬over dykk. «Det er ute med oss,» ¬skal dei seia, «vi er herja og øydelagde! Jorda åt folket mitt ¬skifter eigar. Å, han har teke markene frå oss og delt dei ut til fråfalne!» Då skal det ikkje finnast nokon ¬i Herrens lyd som kastar lodd og deler ut jord til andre. «Hald opp med å preika!» ¬seier dei. «Ingen må preika så. Tek skjellsorda aldri slutt?» Korleis er det du talar, ¬Jakobs hus? Har Herren mist tolmodet? Er det så han fer fram? Har eg ikkje venlege ord til dei som ferdast rett? Lenge har folket mitt ¬bore seg fiendsleg åt. De dreg kappa ¬av fredelege folk; dei som ferdast trygt, ¬vert krigsfangar. De driv kvinnene ¬i folket mitt bort frå heimane dei var glade i. De har for alle tider teke mi ære frå borna deira. Stå opp og far bort herifrå! Dette er ingen kvilestad, for her er ureinskap som valdar skade og tyning. Kom det ein mann ¬som fór med laust snakk og tala lygn og svik: «Eg spår for deg om vin ¬og drikk», sjå, det var ein profet ¬for dette folket! Eg vil samla dykk alle, Jakob. Eg vil samla Israels rest, føra dei saman ¬som sauer i ei kve, som ein bøling på beite, – ein ståkande flokk ¬av menneske. Han som brøyter veg, ¬går føre dei; dei bryt seg gjennom porten ¬og fer ut. Kongen deira går føre dei, Herren sjølv ¬går i brodden for dei. Eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar, de styresmenn i Israel! Skulle ikkje de vita kva som er lov og rett? Men de hatar det gode og elskar det vonde. De flår skinnet av folk og riv kjøtet av knokane. Dei et kjøtet av folket mitt, flår skinnet av ¬og knuser beina deira. Dei breier det ut som i ei gryte, som kjøtet i ein kjel. Når dei så ropar til Herren, svarar han ikkje. Han løyner sitt åsyn for dei for deira vonde åtferd skuld. Så seier Herren ¬om dei profetane som fører folket mitt vilt, som forkynner fred og lukke berre dei får noko å tyggja på, men lyser heilag krig mot dei som ikkje gjev dei ¬munnen full: Difor skal det koma over dykk ei natt utan syner og mørker utan spådom. Sola skal gå ned for profetane og dagen svartna ikring dei. Då skal sjåarane ¬verta til skammar, spåmennene stå der ¬med vanære. Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman, for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud. Men eg, eg er full av styrke, av Herrens Ande, ¬av rett og kraft, så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot, til Israel om hans synd. Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt, de styresmenn i Israel, de som styggjest ved rettferd og krøkjer det som er rett, som byggjer Sion ¬med bloddåd og Jerusalem med urett! Der dømer hovdingen ¬for betaling, presten tek løn for å læra, og profeten spår for pengar. Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier: «Er ikkje Herren ¬midt imellom oss? Det hender ikkje oss ¬noko vondt.» Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld – pløyast som ein åker. Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys og tempelberget ¬ein skogkledd ås. I dei siste dagar ¬skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp ¬over alle haugar. Dit skal folkeslag strøyma. Mange folk skal gå av stad ¬og seia: «Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast ¬på hans stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.» Han skal døma ¬mellom mange folk, skifta rett for mektige folkeslag ¬langt borte. Då skal dei smida sverda sine om til plogjern og spyda sine ¬til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir lyfta sverd ¬mot folk og ikkje lenger læra å føra krig. Men alle skal sitja trygt, kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre, og ingen skal skræma dei. For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala. Alle folka ferdast, kvart i sin guds namn; men vi skal evig og alltid ferdast i Herren ¬vår Guds namn. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, vil eg samla inn dei haltande, kalla saman dei bortdrivne og dei eg har fare ille med. Dei haltande gjer eg ¬til ein rest, dei bortdrivne ¬til eit mektig folk, og Herren skal vera konge ¬over dei på Sion frå no og til evig tid. Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug, til deg skal det ein gong koma, det herrevelde du hadde før, kongemakta i Jerusalem. Men no, kvifor skrik du så sårt? Er det ingen konge hjå deg? Er han som rår over deg, ¬komen bort sidan du vrid deg ¬som i fødselsrier? Skrik og vrid deg, Sions dotter, som ei fødande kvinne, for no lyt du bort frå byen og bu i villmarka. Du skal koma til Babel, men der vert du berga. Der vil Herren løysa deg ut or handa på fiendane dine. No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg. Dei seier: «Sion er vanæra, vi ser på henne med lyst.» Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankar og skjønar ikkje hans plan: å samla dei ¬som korn på treskjevollen. Stå opp og tresk, ¬du Sions dotter, for eg vil gje deg horn ¬av jern og klauver av kopar. Du skal knusa mange folk og vigsla deira hærfang ¬til Herren, deira gods til han som er herre over all jorda. No risp deg opp, ¬du kringsette dotter! Dei har kasta opp ein voll ¬imot oss. Med stav slår dei ¬Israels herre på kinnet. Men du, Betlehem, Efrata, den ringaste ¬mellom ættene i Juda! Frå deg skal eg få meg ¬ein mann som skal vera herre over Israel. Han har sitt opphav ¬i gamal tid, han er frå eldgamle dagar. Så lèt Gud dei gå ¬sine eigne vegar til dess ho som skal føda, ¬har født. Då kjem resten av brørne hans heim att til Israels søner. Han skal stå og gjæta ¬i Herrens kraft, med makt og mynd ¬frå Herren sin Gud. Og no skal dei sitja trygt, for hans velde ¬når til heimsens endar. Han skal koma med fred. «Når assyrarane kjem inn ¬i landet vårt og stig inn i borgene våre, då reiser vi imot dei sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar. Dei skal gjæta Assurs land ¬med sverd, ja, Nimrods land ¬med dregne våpen.» Men han skal frelsa ¬frå assyrarane når dei kjem inn i landet vårt og stig over grensene våre. Mellom mange folk ¬skal Jakobs rest vera som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras. Dei ventar ikkje ¬på nokon mann og vonar ikkje på menneske. Mellom folkeslaga ¬vert Jakobs rest – midt imellom mange folk – som løva mellom dyra i skogen, som ungløva i saueflokkar. Ho fer fram og trakkar ned, ho riv i hel, og ingen bergar. Lat di hand vera lyft mot dine motstandarar! Må alle dine fiendar rydjast ut! Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, vil eg rydja ut hestane dine og gjera stridsvognene dine ¬til inkjes. Byane i landet legg eg i øyde, og alle festningane ¬bryt eg ned. Trolldomsmidla tek eg frå deg, og teikntydarar ¬skal du ikkje lenger ha. Gudebileta dine rydjar eg ut, steinstøttene dine tek eg bort. Du skal ikkje lenger bøya deg og tilbe det du sjølv har laga. Asjera-pålane riv eg opp, og byane legg eg i øyde. I vreide og harme tek eg hemn over folkeslag ¬som ikkje vil høyra. Høyr kva Herren seier: Reis deg, ¬før di sak for fjella, lat haugane høyra di røyst! Høyr Herrens klagemål, ¬de fjell, lyd etter, de faste grunnvollar ¬under jorda! For Herren har sak ¬med folket sitt, han går til doms med Israel. Mitt folk, kva har eg gjort deg? Kva har eg trøytta deg med? Gjev meg svar! Eg førte deg opp frå Egypt og løyste deg ut or trælehuset. Eg sette Moses, Aron ¬og Mirjam til å føra deg. Mitt folk, kom i hug ¬kva planar han hadde, Balak, kongen i Moab, og hugs det svaret han fekk av Bileam, son til Beor, på vegen frå Sjittim til Gilgal, så du kan skjøna Herrens frelsesgjerningar. Kva skal eg ha med når eg stig fram for Herren og bøyer meg for Gud ¬i det høge? Skal eg koma til han ¬med brennoffer, bera fram årsgamle kalvar? Bryr Herren seg om verar ¬i tusental, om oljebekker i titusental? Skal eg ofra min fyrstefødde ¬for mitt brot, mi livsfrukt for mi synd? Herren har då sagt deg, ¬menneske, kva godt er, og kva han krev av deg: At du skal gjera rett, visa trufast kjærleik og ferdast audmjukt ¬med din Gud. Høyr, Herren ropar til byen! – Å ottast ditt namn ¬er visdom. – Høyr, du ætt og byforsamling! Har den vonde enno i sitt hus skattar samla på urett vis, og ein snau, forbanna efa? Kan eg vera rein med urett vekt og falske vektlodd i pungen? Rikmennene dine ¬gjer valdsverk, borgarane dine fer med lygn, ei svikefull tunge ¬har dei i munnen. Men eg vil ta til å slå deg, øydeleggja deg ¬for dine synder. Du skal eta og ikkje verta mett, tom skal du kjenna deg. Det du legg til sides, ¬skal du ikkje berga, og det du bergar, ¬gjev eg til sverdet. Du skal så, men ikkje hausta, pressa oliven, men ikkje ¬salva deg med olje, pressa druer, ¬men ikkje drikka vin. Du har fylgt Omris skikkar og bore deg åt som Akabs ætt. Etter deira råd har de vandra. Difor vil eg leggja deg i øyde og gjera borgarane dine ¬til spott, og vanæra over folket mitt ¬må de bera. Ve meg! Det har gått meg så som når ein haustar ¬inn frukt og driv med ettersanking ¬av druer: Det finst ikkje ei drue å eta, ikkje ein fiken eg har hug på. Det finst ingen from meir ¬i landet, ingen rettvis mellom folk. Alle ligg dei på lur etter blod, kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet. Dei er glupe til å gjera vondt. Hovdingane kjem med krav, og domarane vil ha betaling. Stormannen set fram ¬sine ynske, og så snur dei saka som dei vil. Den beste av dei ¬er som ein klunger, den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk. Det kjem ein dag ¬for dine vektarar når du skal krevjast ¬til rekneskap. Då vert dei redde og rådlause. Tru ikkje på frenden din, set ikkje lit til venen din! Vakta munnen ¬for henne du tek i famn! For ein son vanvørder far sin, ei dotter set seg opp ¬mot mor si, ei sonekone mot vermor si. Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar. Men eg vil speida etter Herren, venta på Gud som frelser meg. Min Gud vil høyra meg! Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende, for om eg fell, reiser eg meg att. Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos. Herrens vreide må eg bera fordi eg har synda mot han, til dess han tek opp mi sak og syter for at eg får rett. Han skal føra meg ut i ljoset, og eg skal sjå hans rettferd. Mine fiendar skal sjå det og raudna av skam, dei som sa til meg: «Kvar er Herren din Gud?» Eg skal fylgja dei med augo når dei vert nedtrakka ¬som avfall i gata. Ein dag skal dei byggja ¬dine murar og gjera dine grenser vide. Den dagen skal dei koma ¬til deg frå Assur og Egyptarland, frå Egypt til Eufrat, frå hav til hav ¬og frå fjell til fjell. Då skal jorda verta ei audn på grunn av dei som bur der, og det som dei har gjort. Vakta folket ditt ¬med staven din, den flokken ¬som er din eigedom, som ligg åleine i skogen med grøderike marker ikring. Lat dei få beita ¬i Basan og Gilead, som dei gjorde i gamle dagar. Lat oss få sjå storverk som då du drog ut or Egypt. Folka skal sjå det ¬og skjemmast, endå så mektige dei er. Dei må leggja handa ¬på munnen og stå med døve øyro. Lat dei slikka støv ¬som ormen, lik dyr som kryp på jorda. Skjelvande skal dei koma ¬frå sine gøymsler fram for Herren vår Gud. Lat dei gripast av redsle ¬og ottast deg! Kven er ein Gud som du, som tek bort skuld ¬og tilgjev brot for resten av sitt eige folk? Han held ikkje evig fast ¬på vreiden, for han har hug til miskunn. Herren skal atter ¬miskunna oss og trø våre misgjerningar ¬under fot. Du skal kasta ¬alle våre synder ned i havsens djup. Så vis då truskap mot Jakob og miskunn mot Abraham, så som du høgtideleg lova våre fedrar i gamle dagar. Domsord mot Ninive. Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk. Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren, ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme. Herren hemner seg ¬på sine motstandarar, han held på vreiden ¬mot sine fiendar. Herren er langmodig. Men hans kraft er stor, og han lèt ikkje vera å straffa. Gjennom storm og uver ¬går hans veg, skyer er støvet under hans fot. Han trugar havet ¬og turkar det ut, alle elvar legg han turre. Basan og Karmel visnar bort, Libanons blomeprakt døyr. Fjella skjelv for han, haugane skjek og rivnar. Jorda bivrar for han, verda og alle som bur der. Kven kan stå seg ¬for hans harme, kven held ut ¬hans brennande vreide? Hans harme strøymer fram ¬som eld, og knausane styrtar saman ¬for han. Herren er god, eit vern i naud. Han tek seg av dei ¬som tyr til han. Men med veldig flaum gjer han ende på ¬sine motstandarar; sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret. Kva emnar de på mot Herren, han som reint kan gjera ende ¬på dykk? Nauda kjem ikkje ein gong til. Som ihopfletta tornebusker, som eit knippe med kvister, som turr halm ¬skal dei brenna opp. Frå deg gjekk det ut ¬ein mann som emna på vondskap ¬mot Herren og hadde vondt i tankar. Så seier Herren: Om dei er aldri så sterke ¬og mange, skal dei hoggast ned ¬og verta borte. Og om eg har plaga deg, skal eg ikkje gjera det meir. No vil eg bryta det åk ¬han la på deg, og slita sund dine lekkjer. Men dette er Herrens påbod ¬om deg: Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger. Eg vil rydja ut or ditt gudshus både utskorne ¬og støypte gudebilete. Eg vil laga ei grav åt deg, for du er funnen for lett. Sjå, han som ber ¬gledebod, kjem springande over fjell ¬med bodskap om fred. Hald dine høgtider, Juda, og gjer det du har lova! For aldri meir ¬kjem valdsmannen mot deg, heilt utrudd er han. Når ein som vil driva deg bort, dreg fram imot deg, hald då vakt i borga, og hald utkikk langs vegen! Spenn beltet fast om livet, ta deg saman og ver sterk! – Herren skal atterreisa ¬Jakobs stordom og Israels velde. For ransmenn har rana dei og lagt deira vinhagar aude. – Krigarane har raudmåla skjold, stridsmennene er kledde ¬i skarlak. Stålet på vognene logar når han fylkar dei til strid, og hestane fer uroleg av stad. Gjennom gatene ¬rasar vognene fram, over torga fer dei ¬i susande fart. Dei ser ut som faklar, fer att og fram som lyn. Stormennene vert kalla fram; dei snåvar i farten, men stormar mot muren, og skjoldtaket vert reist. Portane mot elva ¬vert slegne inn, og borga skjelv ¬i sine grunnvollar. Dei steller henne fram, kler av henne ¬og fører henne bort. Jentene hennar ¬vert drivne av stad; dei klagar som duer og slår seg for brystet. Ninive liknar ein dam som vatnet renn utor. Dei ropar: «Stogga! Stogga!» Men ingen kjem att. Rana sølv, rana gull! Her er rikdom utan ende, ei mengd ¬med allslags dyre ting. Tomt og audt og plyndra! Redde hjarto, vaklande kne, alle hofter skjelv, kvart andlet er eldande raudt. Kvar er løvehiet, ¬hola åt ungløvene, der løve og løvemor gjekk, og ingen skræmde løveungen? Løva røva det ungane trong, ho drap for løvinnene, fylte sine hi med rov og sine holer med fengd. Sjå, eg skal koma over deg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Eg lèt vognene dine ¬gå opp i røyk; dine ungløver ¬skal døy for sverd, og ditt rov vil eg rydja ¬ut frå jorda. Røysta åt dine sendebod skal aldri høyrast meir. Ve den blodige byen! Han er full av lygn og vald, aldri held han opp å røva. Høyr svepesmell ¬og ramling av hjul, hestar i tvisprang ¬og slingrande vogner, ryttarar som stormar fram. Lynande sverd ¬og blinkande spyd, mengder av drepne, ¬haugar av lik, ingen ende på falne kroppar – ein snåvar i lik. Og dette hender på grunn av all den utukt ¬ho dreiv, den fagre ¬og trollkunnige skjøkja. Ho gjorde folkeslag til trælar ¬med si utukt og trælbatt heile ætter ¬med si trolldomskunst. Sjå, eg kjem over deg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Eg lyfter stakken opp ¬for ditt andlet og viser folka din nakenskap og rika di skam. Eg kastar skit på deg, vanærar deg ¬og syner deg fram. Alle som ser deg, ¬skal røma frå deg og seia: «Ninive er herja, kven har medkjensle ¬med henne?» Kvar skal eg leita etter trøystarar til deg? Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring, som hadde hav ¬til festningsvoll og vatn til mur? Byen fekk sin store styrke frå Nubia og Egypt. Put og Libya kom han ¬til hjelp. Folket der ¬vart likevel bortført, det laut fara i fangenskap. Jamvel småborna deira ¬vart knuste på alle gatehjørne. Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd, og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer. Du òg skal verta drukken og gå frå sans og samling. Du òg må søkja vern ¬mot fienden. Alle dine festningar er som fikentre ¬med tidlegfrukt. Ved minste risting ¬dett dei ned i munnen på den som vil eta. Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner. Portane i landet ditt står vidopne for fienden. Eld har øydt ¬dine portbommar. Aus opp vatn ¬før du vert kringsett, set borgene i stand! Trakka gjørme, stampa leire, ta mursteinsforma fram! Du skal øydast av eld, sverdet skal rydja deg ut, liksom grashoppelarva ¬eta deg opp. Vert mange ¬som grashoppelarver, tallause ¬som ein grashoppesverm! Dine kjøpmenn er fleire ¬enn stjernene på himmelen. Larvene kastar hamen og flyg. Dine oppsynsmenn ¬er tallause som grashopper, du har ein sverm av skrivarar. Dei slår seg ned på muren når dagen har svalna; når sola renn, flyg dei bort, og ingen veit kvar dei er. Dine hovdingar blundar, ¬du Assur-konge, dine stormenn søv. Ditt folk er spreitt på fjella, og ingen samlar det inn. Det finst ikkje lindring ¬for din skade, ulækjande er ditt sår. Alle som får høyra om deg, skal klappa i hendene. For kven har ikkje ¬gong på gong fått smaka din vondskap? Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine. Kor lenge, Herre, skal eg ropa utan at du gjev meg svar, klaga og skrika til deg om vald utan at du frelser? Kvifor lèt du meg sjå urett og vera vitne til ulukke? Eg ser berre øyding og vald, det kjem til strid og trette. Difor er lova maktlaus, og retten vinn ikkje fram. For gudlause kringset ¬dei rettvise, og dermed vert retten rengd. Gjev akt på folka, sjå dykk om, mållause av undring! For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar – de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt! Sjå, eg vekkjer kaldearane, det harde og framfuse folket, som fer så vide ikring på jorda og tek framande bustader ¬i eige. Grufulle og skræmande er dei, dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære. Deira hestar er raskare ¬enn leopardar, snøggare spring dei ¬enn steppeulvar. Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan, deira ridehestar ¬frå land langt borte. Som ørna på jakt etter føde kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk. Stridslystne går dei på, dei samlar fangar som sand. Dei spottar kongar og har hovdingar til lått. Dei ler åt kvar festning, kastar opp ein voll ¬og tek henne. Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden. Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud. Er ikkje du frå gamal tid, Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr? Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa, du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta. Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde, og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda. Kvifor har du tol ¬med dei trulause og teier når gudlause sluker dei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve? Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen, som med kreket utan herre. Dei dreg dei alle opp ¬med krok, og halar dei inn med not, dei samlar dei i garnet. Difor er dei jublande glade. Difor ofrar dei til nota og brenner røykjelse ¬for garnet. For feit er fangsten ¬som desse gjev dei, og nærande er føda. Skal dei då alltid få tøma nota og utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag? No vil eg stå på vakt, stella meg på post og speida og sjå kva han vil tala til meg, kva han vil svara ¬på mitt klagemål. Då gav Herren meg ¬dette svaret: Skriv synet opp, rita det inn på tavler, så folk kan lesa det lett! For synet ventar på si tid, det jagar mot enden ¬og slår ikkje feil. Og om det dryer, ¬så venta berre! Det kjem for visst, ¬det vert ikkje borte. Sjå, frekk og uærleg er han. Men den rettferdige ¬skal leva ved si tru. Rikdomen skal svikta ¬den stolte, han skal ikkje nå sitt mål. Som dødsriket ¬spilar han opp sitt gap, umettande er han som døden. Han sopar til seg alle folk og samlar folkeslaga til seg. Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, ein song full av spottord og seia: «Ve den som samlar ¬det andre eig – kor lenge? – som sopar til seg pantegods!» Dine kravsmenn ¬reiser seg brått, dei som vil pressa deg, vaknar. Då skal du verta eit rov for dei, fordi du har plyndra ¬mange folk. Alle andre folk ¬skal plyndra deg fordi du tok menneskeblod, gjorde vald mot landet, mot byen og alle som bur der. Ve den som samlar ¬urett vinning i sitt hus, fordi han vil leggja ¬reiret sitt høgt og berga seg frå ulukkehanda! Du har lagt planar ¬til skam for ditt hus og gjort ende på mange folk; du har forbrote ditt liv. For steinen i muren skal ropa og bjelken i treverket svara. Ve den som byggjer ein by ¬med bloddåd og reiser ei borg med urett – kjem ikkje dette frå Herren, ¬Allhærs Gud? – så folka må streva for elden og folkeslaga slita for inkje! For jorda skal fyllast med kunnskap ¬om Herrens herlegdom, liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn. Ve den som skjenker sin neste, som blandar gift i drikken, ja, gjer han drukken, så han kan sjå ¬hans nakne kropp. Du vert mett av skam ¬og ikkje av ære. Så drikk du òg, og rag ikring! Staupet i Herrens høgre hand skal koma til deg, og di ære skal gøymast ¬av skam. Di valdsferd mot Libanon skal koma over deg sjølv. Du skal knusast fordi du mishandla dyr, fordi du rende ut ¬menneskeblod og gjorde vald mot landet, mot byen og alle som bur der. Kva gagnar eit gudebilete, om det er skore av ein meister? Kva gagnar eit støypt bilete, som gjev falske svar, om meisteren lit på sitt verk, dei mållause gudane ¬han har laga? Ve den som seier til stokken: ¬«Vakna!» – til ein mållaus stein: ¬«Stå opp!» Skulle han gje rettleiing? Visst er han kledd i gull ¬og sølv, men ånd er det ikkje i han. Herren er i sitt heilage tempel; ver still for han, all jorda! Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein klagesalme. Herre, eg høyrde fråsegn ¬om deg og fekk age for ditt verk, ¬Herre. Gjer det opp att i vår eiga tid, gjer det kjent før tida er ute! Gløym ikkje å visa miskunn når du vert harm! Gud kjem frå Teman, Den Heilage ¬frå Paran-fjellet. Hans herlegdom er utbreidd ¬over himmelen, jorda er full av hans pris. Glansen frå han er som ljoset, strålar går ut frå hans hand, og i dei er makta hans løynd. Føre han går pesten, i hans fotefar fylgjer sott. Han skrid fram, ¬og jorda rister, folkeslag skjelv ¬når han ser opp. Dei gamle fjella rivnar, eldgamle åsar sig i hop. Han går fram som i gamal tid. Eg ser uhyggja kvila ¬over Kusjans telt, og teltdukane i Midjan skjelv. Er du harm på elvane, Herre, logar din vreide mot dei, harmast du på havet, når du fer fram på dine hestar, på dine sigersvogner? Du tek fram din boge og mettar han med piler ¬frå ditt pilehus. Du kløyver jorda så elvar renn. Fjella ser deg og skjelv, regnet fossar ned, havdjupet buldrar og brusar. Dei lyfter si hand ¬mot det høge. Sol og måne er i sin bustad; dei rømer ¬for dine blinkande piler, for ditt lynande spyd. I harme skrid du fram ¬over jorda, i vreide trakkar du folka ned. Du dreg ut for å frelsa ditt folk, for å frelsa han du har salva. Du knuser taket ¬på huset åt den gudlause, legg grunnvollen berr ¬heilt ned på fjellet. Du renner spydet gjennom hovudet ¬på hans hovdingar, dei stormar fram, ¬vil driva meg bort, og gleder seg ¬som om dei i løynd skulle gjera ende ¬på ein stakkar. Med hestane dine ¬fer du over havet, der veldige brenningar brusar. Eg høyrde det, ¬då skalv min kropp, og lippene bivra ved lyden. Det kom verk i mine lemer, under meg skalv mine føter. Roleg ventar eg ¬på trengselsdagen, at han skal koma over ¬det folket som plyndrar oss. For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter ¬som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel. Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda. Eg riv bort, alt riv eg bort frå jorda, lyder ordet frå Herren. Eg riv bort både folk og fe, fuglen i lufta og fisken i sjøen. Eg fører dei ugudelege til fall og rydjar menneska ut av jorda, lyder ordet frå Herren. Eg retter ut handa mot Juda, mot alle som bur i Jerusalem. Eg tek bort frå denne staden alt som er att av Ba’al, og namnet åt avgudsprestane saman med prestane. Eg rydjar ut dei som tilbed himmelhæren på taka, dei som tilbed Herren ¬og sver ved han, men samstundes sver ¬ved Milkom, og dei som har vendt ¬Herren ryggen, som ikkje søkjer Herren og ikkje spør han til råds. Ver still for Herren Gud, for Herrens dag er nær! Herren har laga til ¬ei offerslakting, han har vigt sine gjester. På Herrens slaktofferdag ¬skal det henda at eg straffar hovdingar ¬og kongssøner og alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt. Den dagen vil eg straffa alle dei som stig opp ¬på pallen, dei som fyller sin Herres hus ¬med vald og svik. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og sterkt brak frå haugane. Hyl, de som bur i Morteren, for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes, utrudde er alle ¬som vog opp sølv. På den tid skal det henda at eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lykt og krev mennene der ¬til rekneskap, dei som sit stive ¬over bermen av sin vin og seier med seg sjølve: «Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.» Eigedomen deira ¬skal plyndrast og husa deira øydeleggjast. Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei, plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen. Nær er Herrens dag, den store; han er nær og kjem med hast! Høyr, beisk er Herrens dag, då ropar krigaren høgt. Den dagen er ein vreidedag, ein dag med naud og trengsle, ein dag med storm og herjing, ein dag med mørker ¬og dimme, ein dag med skyer og skodd, ein dag med hornlåt og hærrop mot dei faste borger og mot dei høge tårn. Då vil eg gjera folk så redde at dei går ikring som blinde, for dei har synda mot Herren. Blodet deira ¬skal kastast ut som avfall og kjøtet deira som møk. Deira sølv og gull ¬kan ikkje berga dei. På sin vreidedag skal Herren i sin brennhug ¬øyda heile jorda. For han gjer ende, ja brå ende på alle som bur på jorda. Kom saman, ¬hald samling, du folk som ikkje skjemmest, før de kverv ¬som fykande agner, før han kjem over dykk, Herrens brennande vreide, før han kjem over dykk, Herrens vreidedag! Søk Herren, alle de audmjuke i landet, de som gjer hans vilje! Legg vinn på rettferd ¬og audmykt, så vert de kanskje sparte på Herrens vreidedag! Gasa skal liggja folketomt og Asjkalon verta ei øydemark. Midt på ljose dagen skal folket i Asjdod ¬drivast bort, og Ekron skal herjast ¬til grunnen. Ve deg, du kretarfolk, som bur utmed havet! Dette er Herrens ord mot deg: «Kanaan, du Filistarland, eg legg deg i øyde, ¬så ingen kan bu der. Landet ved havet ¬skal verta til beite, til hamnegang for gjætarar, til kve for sau og geit.» Dei som er att av Juda-ætta, skal få landet ved havet i eige. Der skal dei ha sitt beiteland, og om kvelden skal dei kvila ¬i husa i Asjkalon. For Herren deira Gud ¬skal sjå til dei, han skal venda deira lagnad. Eg høyrde svivørdinga ¬frå Moab og spottorda frå ammonittane, då dei svivørde folket mitt og briska seg mot landet deira. Difor, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så sant eg lever, skal det gå Moab som Sodoma og ammonittane som ¬Gomorra; dei skal verta ei neslemark, ¬ei saltgruve, ei øydemark til evig tid. Dei som er att av folket mitt, skal plyndra dei, resten av folket ¬skal ta dei i eige. Dette skal henda fordi dei var storlåtne, fordi dei var stolte og spotta folket åt Herren, ¬Allhærs Gud. Dei skal få age for Herren når han rydjar ut alle gudane ¬på jorda. Og dei som bur på strendene ¬langt borte, skal tilbe han, kvar på sin stad. De òg, nubiarar, skal falla for mitt sverd. Han retter ut handa mot nord og øydelegg Assur. Han gjer Ninive til audn, turr som ei øydemark. Midt i byen ¬skal buskapar kvila og ville dyr av alle slag. Pelikan og hegre skal sova på søylehovuda der og ugla tuta frå vindaugo, på dørstokken ¬skal ramnen sitja. Sederpanelet skal rivast av. Dette er den jublande byen som låg så trygt ¬og sa med seg sjølv: «Eg – og ingen annan!» Kor aud han er vorten, ein kvilestad for villdyr! Alle som fer framom, pip og vinkar med handa. Ve den trassige ¬og ureine byen, som er så full av vald! Han høyrer ikkje ¬på Herrens røyst og tek ikkje imot tukt. Han set ikkje si lit til Herren og held seg ikkje nær ¬til sin Gud. Hovdingane i byen ¬er som brølande løver, og domarane som steppeulvar; dei sparer ingenting ¬til morgondagen. Profetane er skrytande, ¬trulause menn, prestane krenkjer ¬det som er heilagt, og gjer vald mot lova. Herren rår med rettferd der, han gjer ikkje urett. Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom, den kjem like visst som ljoset. Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam. Eg har øydt ut folkeslag, deira borgtårn ligg i grus. Eg har gjort deira gater aude, så ingen ferdast på dei. Byane deira er herja ¬og folketome, ingen bur der lenger. Eg sa: ¬«Berre du ville ottast meg og ta imot lærdom!» Så skulle byens bustader ¬ikkje verta øydelagde og mi straff ¬aldri koma over han. Men dei synda seint og tidleg og gjorde berre vondt. Difor, venta på meg, lyder ordet frå Herren, til eg står fram ¬som vitne mot dei. For det er min rett å samla folk og føra saman kongerike og renna ut min harme over dei, all min brennande vreide. For i min brennhug skal eg øyda heile jorda. Då vil eg skapa folka om og gje dei reine lipper, så dei alle kallar på Herren og samlyndte tener han. Frå landet bortanfor elvane ¬i Nubia skal mitt spreidde folk ¬som tilbed meg, koma til meg med offergåver. Den dagen skal du ikkje ¬skjemmast lenger over alle brotsverk ¬du gjorde mot meg. For då tek eg bort ifrå deg dei som jublar i hovmod. Du skal ikkje meir vera stor ¬og stolt her på mitt heilage fjell. Eg leiver i deg eit armt og audmjukt folk. Dei skal setja si lit ¬til Herrens namn, dei som er att av Israel. Dei gjer ingen urett meir og talar ikkje lygn. Det finst ingen svikefull tale ¬i deira munn. Dei går på beite og kviler trygt, det er ingen som skræmer dei. Set i og jubla, Sions dotter! Rop av fryd, Israel! Gled deg, Jerusalems dotter, og jubla av heile ditt hjarta! Herren har fria deg ¬frå straffedomen og teke bort dine fiendar. Herren, Israels konge, ¬er hjå deg, du skal ikkje lenger vera redd ¬noko vondt. Den dagen skal dei seia ¬til Jerusalem: Ver ikkje redd, Sion! Lat ikkje hendene siga! Herren din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelsa. Han gleder og frydar seg ¬over deg, tek deg atter inn i sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd, som på ein høgtidsdag. Eg friar deg frå den dagen då du må tola spott. Sjå, på den tid gjer eg ende på alle dei som plaga deg. Då bergar eg dei haltande og fører saman dei bortdrivne. Eg gjev dei ære og ros ¬over heile jorda, der dei før var vanæra. På den tid fører eg dykk heim, då samlar eg dykk. For eg vil gje dykk ære og ros mellom alle folk på jorda, når eg beint framfor augo ¬på dykk vender dykkar lagnad, seier Herren. I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: «Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.» Då kom Herrens ord ved profeten Haggai: Er det tid for dykk til å bu i bordkledde hus så lenge templet ligg i røys? No seier Herren, Allhærs Gud: Legg merke til ¬korleis det går dykk! De sår mykje, men haustar lite; de et, men vert ikkje mette; de drikk, ¬men sløkkjer ikkje torsten; de kler dykk, ¬men vert ikkje varme; og leigekaren får si løn i ein botnlaus pung. Så seier Herren, Allhærs Gud: Legg merke til ¬korleis det går dykk! Far opp i fjellet ¬og henta tømmer! Bygg templet, ¬så vil eg ha hugnad i det og visa min herlegdom der, ¬seier Herren. De ventar mykje, ¬men sjå, det vert lite. De får det i hus, ¬men eg blæs det bort. Kvifor? seier Herren, ¬Allhærs Gud. Fordi mitt tempel ligg i røys, medan de har det annsamt kvar med sitt eige hus. Difor held himmelen ¬dogga att, og jorda gjev ikkje grøde. Eg har kalla turk over jord og fjell, over korn og vin og olje, over alt som gror på marka, ja, over folk og fe og over alt arbeid ¬som vert gjort. Serubabel Sjealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på det Herren deira Gud tala, på orda åt profeten Haggai, fordi Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket hadde age for Herren. Med oppdrag frå Herren sa Haggai, Herrens sendebod, til folket: Eg er med dykk, lyder ordet frå Herren. Herren vekte slik iver hjå Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle som var att av folket, at dei kom og arbeidde på huset åt sin Gud, Herren, Allhærs Gud. Det var den 24. dagen i den sjette månaden i det andre styringsåret åt kong Dareios. Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så: Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket: Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut? Men no, ver frimodig og sterk, ¬Serubabel! lyder ordet frå Herren. Ver frimodig, ¬Josva Jehosadaksson, du øvsteprest! Ver frimodig, ¬alt folket i landet! lyder ordet frå Herren. Gå og arbeid, ¬for eg er med dykk! lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Den lovnaden gav eg dykk då de drog ut or Egypt. Og min Ande ¬bur imellom dykk. Ver ikkje redde! For så seier Herren, ¬Allhærs Gud: Endå ein gong, ¬om ei lita stund, vil eg skaka himmel og jord, havet og det turre land. Eg skjek alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Og eg fyller dette huset ¬med herlegdom, seier Herren, Allhærs Gud. Sølvet er mitt, og gullet er mitt, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Dette nye huset skal verta herlegare enn det førre, seier Herren, Allhærs Gud. På denne staden vil eg gje fred, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Den 24. dagen i den niande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud: Spør kva prestane lærer om dette: «Om nokon ber heilagt kjøt i kappesnippen, og snippen kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller anna etande, vert då dette heilagt?» Prestane svara nei. Så spurde Haggai: «Men om ein har vorte urein av lik og så kjem nær noko av dette, vert det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det vert ureint.» Då tok Haggai til ords og sa: Såleis er det òg med desse menneska og dette folket i mine augo, lyder ordet frå Herren; og såleis er det med alt det dei gjer, og med det dei ofrar der; det er ureint. Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel, korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue. Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren. Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt. Frå i dag vil eg velsigna. Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den 24. dagen i same månaden, og det lydde så: Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda: Eg vil skaka himmel og jord. Eg vil støyta ned kongsstolar og gjera ende ¬på mektige kongerike mellom folkeslaga. Eg vil øydeleggja ¬stridsvognene og dei som køyrer dei. Hestar og hestfolk skal stupa; den eine skal falla ¬for sverdet åt den andre. Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, vil eg ta deg, Serubabel Sjealtielsson, min tenar – lyder ordet frå Herren – og gjera deg til ein seglring; for deg har eg valt ut, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. I den åttande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo, og det lydde så: Herren har vore storleg harm på fedrane dykkar. Du skal tala til folket: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud. Ver ikkje lik fedrane dykkar som dei førre profetane forkynte for og sa: «Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om frå dykkar vonde ferd og dykkar vonde gjerningar!» Men dei høyrde ikkje og vørde meg ikkje, lyder ordet frå Herren. Kvar er no fedrane dykkar? Og profetane, lever dei til evig tid? Men mine ord og bod som eg baud tenarane mine, profetane, å forkynna, har ikkje dei råka fedrane dykkar? Så måtte dei venda om og seia: «Som Herren, Allhærs Gud, hadde sett seg føre å gjera med oss etter vår ferd og våre gjerningar, såleis har han gjort med oss.» Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa: Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar. Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.» Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.» Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.» Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?» Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar. Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg er full av brennhug for Jerusalem og Sion, og stor er harmen min mot dei trygge heidningfolka; for då eg berre ¬var litegrann harm, gjorde dei ulukka større. Difor seier Herren: Med miskunn kjem eg att ¬til Jerusalem. Der skal huset mitt byggjast, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud, og mælesnor skal strekkjast ¬over Jerusalem. Rop ut på nytt og sei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Atter ein gong skal ¬byane mine fløyma over av det som godt er. Atter skal Herren ¬ha medkjensle med Sion, endå ein gong ¬velja ut Jerusalem. Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn. Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.» Så lét Herren meg sjå fire smedar. Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.» Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa. Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.» Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der: Jerusalem skal liggja ¬utan murar, så mykje folk og buskap ¬skal det vera der. Sjølv skal eg vera ¬ein eldmur kring byen, lyder ordet frå Herren, og midt i han ¬vil eg syna min herlegdom. Ve, ve! Røm frå landet i nord! lyder ordet frå Herren. Eg har spreitt dykk ¬for heimsens fire vindar, lyder ordet frå Herren. Ve deg, Sion, ¬som bur hjå Babels dotter! Berg deg unna! For så seier Herren, ¬Allhærs Gud, den herlege, ¬som har sendt meg, om dei folka ¬som plyndra dykk: Den som rører dykk, rører ved min augnestein. For sjå, eg lyfter handa mot dei, og dei vert til hærfang for dei som no er trælane deira. Då skal de sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg. Gled deg storleg, Sions dotter! For sjå, eg kjem ¬og tek bustad hjå deg, lyder ordet frå Herren. Den dagen ¬skal mange folkeslag gje seg til Herren. Dei skal verta mitt folk, og eg vil bu hjå deg. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til deg. Herren skal ta Juda i eige som sin arvelut på heilag jord og endå ein gong ¬velja ut Jerusalem. Ver still for Herren, ¬kvar levande skapning! For han har teke ut ¬frå sin heilage bustad. Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva: Så seier Herren, Allhærs Gud: Går du på mine vegar og rettar deg ¬etter det eg har fastsett, skal du få styra mitt hus og vakta mine føregardar, og eg vil gje deg tilgjenge saman med dei ¬som gjer teneste her. Høyr no, Josva, øvsteprest! Du og embetsbrørne dine, som sit framføre deg, de er varselsmenn. For sjå, eg lèt min tenar ¬Renning koma. Ja, på den steinen eg har lagt ¬framfor Josva, på denne eine steinen ¬med sju augo ritar eg den innskrift ¬som skal stå, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. På ein einaste dag vil eg ta bort den skuld ¬som kviler på dette landet. Den dagen, lyder ordet ¬frå Herren, Allhærs Gud, skal de be kvarandre ¬til gjestebod under vintre og fikentre. Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord ¬til Serubabel: Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud. Kven er vel du, ¬du mektige fjell? Framfor Serubabel ¬skal du verta ei slette. Han skal føra fram ¬toppsteinen, medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med han!» Herrens ord kom til meg, ¬og det lydde så: Serubabels hender ¬har tufta dette huset, og hans hender ¬skal fullføra det. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk. Ja, alle som har vanvørdt den dagen då det tok til ¬i det små, skal gleda seg når dei får sjå blyloddet i Serubabels hand. – Dei sju, det er Herrens augo som fer over heile jorda. Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.» Då eg lyfte augo att, fekk eg sjå ein flygande bokrull. Engelen spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull som er tjue alner lang og ti alner brei.» Så sa han til meg: Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Frå no av skal kvar tjuv rydjast ut etter det som står i bokrullen, og kvar den som sver, skal frå no av rydjast ut etter det som står der. Eg sender ut forbanninga, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Ho skal koma inn i huset ¬til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ¬ved mitt namn, og ho skal slå seg til ¬i huset deira og øydeleggja det, ¬både treverk og stein. Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.» Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.» Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet. «Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga. Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord. Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?» Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.» Så lyfte eg augo att og fekk sjå fire vogner som kom fram mellom to fjell; fjella var av kopar. For den fyrste vogna var det raude hestar; for den andre vogna var det svarte hestar; for den tredje vogna var det kvite hestar, og for den fjerde vogna var det flekkete, raude hestar. Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder desse, herre?» Engelen svara og sa til meg: «Det er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over all jorda. Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fylgjer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.» Då fór dei raude ut, og dei var ihuga etter å koma i veg og fara ut over jorda. Då sa han: «Av stad og far ut over jorda!» Så fór dei av stad ut over jorda. Då ropa han til meg: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, skal la min Ande finna ro der nord.» Herrens ord kom til meg, og det lydde så: Ta imot gåver frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja, og gå den dagen inn i huset til Josjia, son til Sefanja, dit dei er komne frå Babylonia. Og ta imot sølv og gull og lag kroner! Kron så Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og sei til han: Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, det kjem ein mann, hans namn er Renning, under han skal det renna ¬og gro. Han skal byggja ¬Herrens tempel, ja, han skal byggja ¬Herrens tempel. Han skal vinna ære og makt. På sin kongsstol ¬skal han sitja og styra; ved hans kongsstol ¬skal det vera ein prest, og mellom dei ¬skal det rå fred. Kronene skal vera i Herrens tempel til minne om Helem, Tobia, Jedaja og Hen, son til Sefanja. Folk skal koma frå land ¬langt borte og vera med ¬og byggja Herrens tempel. Då skal de sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk. Dette skal henda ¬dersom de lyder ordet frå Herren dykkar Gud. I det fjerde styringsåret åt kong Dareios, den fjerde dagen i den niande månaden, kislev månad, kom Herrens ord til Sakarja. Betel sende då Sareser og Regem-Melek og mennene hans for at dei skulle be Herren om nåde og spørja prestane som gjorde teneste i huset åt Herren, Allhærs Gud, og profetane: «Er det så at eg skal gråta og fasta i den femte månaden, som eg har gjort i mange år?» Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så: Sei til heile folket i landet og til prestane: «Når de har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i samfulle sytti år, er det då meg de har fasta for? Når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?» Kjenner de ikkje dei orda som Herren forkynte gjennom dei førre profetane, den gongen folket i Jerusalem og i byane rundt ikring budde i fred og ro, då det budde folk i Negev og Sjefela? Herrens ord kom til Sakarja, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud. Fell rettvise domar, og ver gode og miskunnsame, ¬kvar mot sin bror! Far ikkje hardt fram mot enkjer og farlause, ¬framande og armingar! Og ingen av dykk ¬må i sitt hjarta tenkja ut vondt mot andre. Men dei ville ikkje høyra; dei gjorde nakken stiv og øyro døve, så dei skulle sleppa å høyra. Hjarta gjorde dei hardt som flint, så dei lét vera å høyra på lova og dei orda som Herren, Allhærs Gud, hadde sendt ved sin Ande gjennom dei førre profetane. Då kom det stor vreide frå Herren, Allhærs Gud. Dei ville ikkje høyra når han ropa. Difor sa Herren, Allhærs Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar. Eg bles dei bort mellom alle folka som dei ikkje kjende. Landet låg audt etter dei, og ingen ferdast att og fram der. Såleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark. Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg er full av brennhug for Sion, med stor harme ¬brenn eg for det. Så seier Herren: Eg vender attende til Sion, midt i Jerusalem vil eg bu. Jerusalem skal kallast ¬Truskapsbyen, og berget åt Herren, ¬Allhærs Gud, skal kallast Det heilage fjellet. Så seier Herren, Allhærs Gud: Atter skal gamle menn ¬og kvinner sitja på torga i Jerusalem, alle med stav i hand fordi dei er så gamle. Og torga i byen skal fyllast av gutar og jenter ¬som leikar seg der. Så seier Herren, Allhærs Gud: Om dette synest umogeleg for dei som då er att ¬av dette folket, skulle det vera umogeleg ¬for meg òg? lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg frelser folket mitt frå landa i aust og i vest. Eg fører dei heim; midt i Jerusalem skal dei bu. Dei skal vera mitt folk, og i truskap og rettferd vil eg vera deira Gud. Så seier Herren, Allhærs Gud: Ver modige, de som i denne tid høyrer desse orda frå dei same profetane som tala den dagen då grunnvollen vart lagd til huset åt Herren, Allhærs Gud, til templet som skulle byggjast. For før den tida hadde korkje folk eller fe noko att for strevet sitt. Korkje dei som gjekk ut eller dei som kom inn, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre. Men mot den resten som er att av dette folket, vil eg ikkje vera som før i tida, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt, jorda skal gje grøde og himmelen dogg. Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige. Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, skal de verta til velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men frimodige! For så seier Herren, Allhærs Gud: Liksom eg sette meg føre å senda ulukke over dykk den gongen fedrane dykkar eggja meg til vreide, seier Herren, Allhærs Gud, og eg ikkje endra mitt forsett, har eg i desse dagar vendt om og sett meg føre å gjera vel mot Jerusalem og Juda-ætta. Ver ikkje redde! Dette er dei bod de skal halda: Tal sanning, ¬kvar med sin neste! På tinget skal de fella domar som kviler på sanning ¬og skaper fred. Tenk ikkje ut vondt ¬mot kvarandre, og elska ikkje rang eid! For alt slikt hatar eg, lyder ordet frå Herren. Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så: Så seier Herren, Allhærs Gud: Fastedagane i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta til hugnad og glede for Juda-ætta og til herlege høgtidsdagar. Men elska sanning og fred! Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal det koma folkeslag, ja, folk frå store byar, og folket i den eine byen skal fara til den andre og seia: «Kom, lat oss gå og be Herren om nåde, lat oss søkja Herren, Allhærs Gud! Eg òg vil gå med.» Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren, Allhærs Gud, i Jerusalem, og be Herren om nåde. Så seier Herren, Allhærs Gud: I dei dagar skal ti menn av alle tungemål og folk ta fatt i kappesnippen åt ein jødisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.» Eit domsord. Herrens ord er i Hadrak-landet, og i Damaskus slår det seg ned, – for menneska vender augo ¬mot Herren liksom alle Israels ætter – ja, i Hamat òg ¬som grensar til det, og i Tyrus og Sidon, ¬der dei er så vise. Tyrus bygde seg ¬festningsverk, hauga opp sølv som mold og reint gull som avfall i gata. Sjå, Herren vil ta byen og styrta festningsverka ¬i havet; byen skal øydast i eld. Asjkalon skal sjå det og ottast, Gasa skal skjelva i angst, like eins Ekron, fordi hennar von ¬har vorte til skammar. Gasa skal missa sin konge og Asjkalon sine innbyggjarar, i Asjdod skal det bu ¬eit blandingsfolk. Eg vil gjera ende på høgmodet ¬åt filistarane; eg vil ta blodet ¬or munnen deira og styggedomen bort ¬frå tennene deira. Men dei som vert att, skal høyra vår Gud til og vera som hovdingar i Juda; Ekron skal vera ¬som jebusittane. Eg vil slå vakt om huset mitt til vern mot dei ¬som kjem og går. Aldri meir ¬skal nokon valdsherre fara fram imot dei. For no har eg sett det ¬med eigne augo. Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, ¬og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen. Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraim og hestane i Jerusalem, og stridsbogen ¬skal brytast sund. Han skal skapa fred for folka, hans velde skal nå ¬frå hav til hav, frå Eufrat til heimsens endar. Ja, for ditt paktblod skuld vil eg fria dine fangar ¬ut or brunnen som det ikkje finst vatn i. «Vend heim til borga, de fangar som har von!» I dag forkynner eg: «Eg vil gje deg dobbelt att.» For eg spenner Juda ¬som ein boge og legg Efraim på som pil. Eg eggjar dine søner, Sion, mot dine søner, Javan, og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar. Herren skal openberra seg ¬over dei, hans pil fara ut som eit lyn. Herren Gud ¬skal la hornet gjalla og fara fram i storm frå sør. Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei. Dei skal eta, og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar, dei skal drikka og bråka som om dei var drukne av vin; både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast. Den dagen skal Herren ¬deira Gud berga folket sitt ¬som ein saueflokk. Som steinar i eit diadem skal dei glitra i landet hans. Ja, kor godt og fagert det er! Kornet får gutane til å trivast og vinen jentene til å bløma. Bed Herren om regn når tida for vårregnet ¬er komen. Det er Herren ¬som skaper uversskyer og gjev menneska regnskurer, så dei får vokstrar på marka. Husgudane tala berre lygn, spåmennene ¬hadde falske syner og fortalde svikefulle draumar; trøysta dei gav, ¬var ingenting verd. Difor laut folket fara av stad og lida vondt som sauer, fordi dei ikkje hadde hyrding. Mot hyrdingane ¬logar min vreide, og bukkane vil eg krevja ¬til rekneskap. Men Herren, Allhærs Gud, vil sjå til Juda-ætta, ¬som er hans flokk. Han gjer henne ¬til sin stolte stridshest. Frå henne skal hjørnestein ¬og teltplugg koma, frå henne ¬skal stridsboge koma, frå henne ¬skal kvar styresmann gå ut. Dei skal vera ¬som kjemper i striden, som trakkar ned for fote ¬på sølete vegar. Dei skal strida, ¬for Herren er med dei, medan hestfolka ¬skal verta til skammar. Eg gjer Juda-ætta sterk, og Josefs-ætta gjev eg siger. Eg lèt dei atter busetja seg, for eg har medkjensle med dei. Ja, det skal gå dei som om eg aldri ¬hadde støytt dei bort, for eg er Herren deira Gud, og eg vil høyra deira bøner. Efraims menn ¬skal vera lik kjemper, dei skal vera glade som når ein drikk vin. Borna deira skal sjå det ¬med glede og hjarto deira fagna seg ¬i Herren. Eg vil plystra på dei ¬og samla dei, for eg har fria dei ut. Dei skal verta så mange ¬som dei eingong var. Sår eg dei ut mellom folka, vil dei minnast meg ¬i land langt borte. Dei skal leva saman ¬med borna sine og koma attende. Eg vil føra dei heim att ¬frå Egypt, og frå Assyria ¬skal eg samla dei. Eg lèt dei koma ¬til Gilead og Libanon; men det vert ikkje rom nok ¬åt dei. Han skal dra fram ¬gjennom det trugande havet og slå ned bylgjene der. Alle djupa i Nilen ¬skal turkast ut. Det Assur er stolt av, ¬skal støytast ned, kongsstaven skal vika ¬frå Egypt. Eg vil gjera dei sterke i Herren, og dei skal ferdast ¬i hans namn, lyder ordet frå Herren. Lat opp dine dører, ¬Libanon, så eld kan øyda dine sedertre! Set i med klagerop, sypress, fordi sederen er fallen, dei veldige trea øydelagde. Set i med klagerop, de mektige tre i Basan, fordi den tette skogen er felt. Høyr kor gjætarane klagar fordi deira herlege beite ¬er herja! Høyr kor dei unge løvene ¬brøler fordi den fine Jordan-skogen ¬er øydelagd! Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.» Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. – Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad. Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga. Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord. Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel. Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei ¬som går seg bort, ikkje leitar etter dei ¬som går seg vilt, ikkje lækjer dei som er skadde, ikkje syter for mat til dei friske, men et kjøtet av dei feite dyra og riv klauvene av dei.» Ve den duglause ¬hyrdingen min, som går bort frå sauene! Sverd mot armen ¬og høgre auga hans! Armen hans skal visna bort, og det høgre auga sløkkjast ut. Eit domsord. Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket: Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen. Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap. Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.» Den dagen vil eg la hovdingane i Juda verta som ei glopanne i ein vedhaug og som ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda ut, til høgre og til venstre, alle folka rundt ikring. Men folket i Jerusalem skal framleis bu trygt i byen sin. Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda. Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei. Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem. Men over Davids hus og Jerusalems-buane renner eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen, og klaga sårt over han liksom ein held klage over den fyrstefødde. Den dagen skal syrgjehøgtida i Jerusalem vera like stor som syrgjehøgtida over Hadad-Rimmon i Megiddo-dalen. Landet skal halda klage, ætt for ætt: Davids-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg, Natan-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg, Levi-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg, Sjimi-ætta for seg ¬og kvinnene deira for seg, alle dei andre ættene, ¬kvar for seg, og kvinnene deira for seg. Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for Jerusalems-buane til å reinsa bort synd og ureinskap. Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, at eg rydjar ut or landet namna på avgudane, så dei aldri skal nemnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet. Om nokon framleis talar profetord, skal far og mor hans, hans eigne foreldre, seia til han: «Du skal ikkje få leva, for du har tala lygn i Herrens namn.» Og far og mor hans, hans eigne foreldre, skal stikka han ned fordi han har stige fram og tala profetord. Den dagen skal det henda at kvar profet skjemmest over synene sine når han forkynner, og han skal ikkje kle seg i loden kappe for å lyga. Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, for det var ein som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.» Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på brystet?» kjem han til å svara: «Dei har eg fått i huset åt elskarane mine.» Vakna, sverd, ¬mot min hyrding, mot mannen ¬som står meg nær, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Slå hyrdingen, ¬og lat sauene spreiast! Mot dei minste ¬vil eg lyfta mi hand. I heile landet, ¬lyder ordet frå Herren, skal to tredjepartar rydjast ut ¬og døy, men ein tredjepart skal leivast. Denne tredjeparten ¬lèt eg gå gjennom eld, eg reinsar han, ¬som ein reinsar sølv, og prøver han, ¬som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg vil høyra bøna deira ¬og seia: «Dei er mitt folk,» og dei skal svara: «Herren er vår Gud.» Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg. Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen. Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han. Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter. Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste. Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen. Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt. Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem: Kjøtet skal rotna på dei medan dei enno står på føtene. Augo skal rotna i holene sine og tunga rotna i munnen ¬på dei. Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira. Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga. Men om ei av ættene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, Allhærs Gud, skal det ikkje koma regn over henne. Og om egyptarætta ikkje fer opp og ikkje kjem, skal det heller ikkje koma regn over henne, men derimot den plaga Herren lèt koma over dei folkeslaga som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga. Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga. Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret. Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud. Domsord. Dette er Herrens ord til Israel ved Malaki. «Eg har dykk kjær,» ¬seier Herren. Men de spør: «Korleis har du synt at du har oss kjær?» «Var ikkje Esau ¬bror til Jakob?» lyder ordet frå Herren. «Likevel hadde eg Jakob kjær, men Esau hadde eg uvilje mot. Eg gjorde fjella hans til ei audn, arvelandet hans til ei villmark ¬for sjakalar.» Når edomittane seier: «Vi er knuste, men vil byggja opp att ¬det som seig i røys,» då seier Herren, Allhærs Gud: «Lat dei byggja, ¬men eg riv ned. Dei skal kallast ¬det gudlause landet og folket som Herren ¬for alltid er harm på.» De skal sjå det med eigne augo ¬og seia: «Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.» Ein son ærar far sin, og ein træl har age ¬for herren sin. Men er eg far, ¬kvar er då mi ære, og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg? seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk, de prestar ¬som vanvørder mitt namn. De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?» Jau, de ber fram urein mat ¬på mitt altar. De spør: «Korleis har vi krenkt ¬din reinleik?» Jau, de seier: «Herrens bord ¬er lite å vørda.» Når de vil ofra eit blindt dyr, er ikkje det gale? Når de kjem med eit dyr ¬som er halt eller sjukt, er ikkje det gale? Kom med slikt ¬til statthaldaren din! Trur du han vil synast om deg eller ta vel imot deg? seier Herren, Allhærs Gud. Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje, så han kan vera nådig mot oss. Når de har gjort slikt, kan han då syna godhug ¬for dykk? seier Herren, Allhærs Gud. Om det berre fanst nokon ¬mellom dykk som ville stengja ¬tempeldørene, så de ikkje til fåfengs ¬kveikjer eld på mitt altar. Eg har ingen hugnad i dykk, seier Herren, Allhærs Gud, og vil ikkje ha dei offergåvene som de ber fram. Frå lengst i aust til lengst i vest er mitt namn stort ¬mellom folkeslaga. Alle stader ¬brenner dei reine offer som dei ber fram for meg; for mitt namn er stort ¬mellom folkeslaga, seier Herren, Allhærs Gud. Men de vanhelgar mitt namn når de seier ¬at Herrens bord er ureint, og at maten på det ¬er ring frukt. De tenkjer: «Å, for eit strev!» og blæs åt det, seier Herren, ¬Allhærs Gud. De kjem med dyr som er røva, og med dyr som er halte ¬eller sjuke, når de ber fram offergåver. Skulle eg ha hugnad i slike gåver frå dykk? ¬seier Herren. Forbanna vere den ¬som fer med svik, som har eit hanndyr ¬i buskapen og lovar å gje det til Herren, men i staden ofrar eit dyr ¬som er skadt. For eg er ein stor konge, seier Herren, Allhærs Gud, mellom folkeslaga ¬står det age av mitt namn. Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk: Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk dette ¬på hjarta, så de ærar mitt namn, seier Herren, Allhærs Gud, så sender eg forbanning ¬mot dykk. Eg gjer di velsigning om ¬til forbanning, ja, eg gjer henne til forbanning fordi de ikkje tek dette ¬til hjarta. Sjå, eg vil truga ætta dykkar. Avfall av offerdyr ¬etter høgtidene dykkar kastar eg i andletet på dykk, og med det skal de berast bort. Då skal de skjøna at det er eg som har sendt dykk dette bodet, så mi pakt med Levi ¬kan stå ved lag, seier Herren, Allhærs Gud. Mi pakt med han ¬gav liv og fred, og det gav eg han ¬så han skulle ottast. Han ottast meg ¬og hadde age for mitt namn. Påliteleg rettleiing ¬var i hans munn, og det fanst ikkje svik ¬på hans lipper. Han ferdast med meg ¬i fred og rettferd og berga mange ¬frå syndeskuld. For ein prests lipper ¬tek vare på kunnskap, frå hans munn ¬skal folk be om rettleiing, for han er sendebod ¬frå Herren, Allhærs Gud. Men de har vike av frå vegen og fått mange til å falla med den rettleiing ¬de har gjeve. Levi-pakta har de brote, seier Herren, Allhærs Gud. Difor har eg gjort dykk ¬vanvørde og små for heile folket, for de aktar ikkje ¬på mine vegar, men gjer skil på folk når de gjev rettleiing ¬om min vilje. Har vi ikkje alle same far, den eine Gud ¬som har skapt oss? Kvifor er vi då trulause ¬mot kvarandre og vanhelgar våre fedrars pakt? Juda har bore seg trulaust åt, stygge ting har dei gjort i Israel og Jerusalem. Ja, Juda har vanhelga den heilagdomen ¬Herren elskar, og gift seg med ei kvinne som dyrkar framande gudar. Gjev Herren må rydja ut ¬or Jakobs telt kvar ætling av den ¬som gjer slikt, jamvel om han ber fram ¬offergåver til Herren, Allhærs Gud. Og dette er det andre de gjer: De dekkjer Herrens altar med tårer, gråt og sukkar. Men han vil ikkje lenger sjå ¬på gåva eller ta imot dykkar offer ¬med glede. Og de spør: «Kvifor?» Fordi Herren er vitne i saka mellom deg ¬og din ungdoms kone. Du har vore utru mot henne, endå ho er ektemaken din som du er bunden til med pakt. Er det ikkje éin ¬som har skapt henne både med lekam og ånd? Og kva vil så den eine ha? Born som høyrer Gud til. Så akta dykk vel i sjel og hug! Ver ikkje utru ¬mot din ungdoms kone! Eg vil ikkje vita av skilsmål, seier Herren, Israels Gud, og at nokon sveiper ¬sin klednad med valdsferd, seier Herren, Allhærs Gud. Så akta dykk vel i sjel og hug at de ikkje er trulause. De har trøytta Herren ¬med orda dykkar. De spør: «Kva er det ¬vi har trøytta han med?» De seier at alle som gjer vondt, er gode i Herrens augo, ja, at han har hugnad i dei. Eller de spør: «Kvar er Gud som dømer?» Sjå, eg sender ¬min bodberar, han skal rydja vegen ¬for meg. Brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter. Sjå han kjem, ¬engelen for pakta som de stundar etter, seier Herren, Allhærs Gud. Men kven kan tola ¬den dagen han kjem, kven kan stå seg ¬når han syner seg? For han er lik elden ¬som smeltaren brukar, lik luten ¬som vaskarane reinsar med. Han skal sitja ¬og smelta og reinsa sølvet. Han skal reinsa levittane, reinsa dei som gull og sølv, så dei kan bera fram for Herren offergåver på rett vis. Då skal Herren gleda seg over offergåvene ¬frå Juda og Jerusalem som i eldgamle dagar, ¬i framfarne år. Eg kjem til dykk og held dom. Eg skundar meg å vera vitne mot dei som driv ¬med trolldom, mot dei som bryt ekteskapet, mot dei som gjer rang eid, og mot dei som held att løna ¬for leigekaren, er harde med enkjer ¬og farlause og rengjer retten ¬for innflyttaren, men ikkje har age for meg, seier Herren, Allhærs Gud. Eg, Herren, ¬har ikkje forandra meg, og de, Jakobs søner, ¬er støtt dei same. Heilt frå dykkar fedrars tid har de vike av ¬frå mine føresegner og ikkje halde dei. Vend tilbake til meg, så skal eg venda meg til dykk, seier Herren, Allhærs Gud. Men de spør: «Korleis ¬skal vi venda tilbake?» Kan eit menneske røva noko ¬frå Gud? For de svik meg, ¬men spør likevel: «Kva er det vi har røva ¬frå deg?» Tienda og avgiftene! Forbanning kviler over dykk ¬som svik meg, det gjeld heile folket. Kom med heile tienda ¬til forrådshuset, så det kan finnast mat ¬i mitt hus, og prøv meg på denne måten, seier Herren, Allhærs Gud. Då skal eg opna ¬himmelens luker og renna ut over dykk velsigning i rikt mål. Eg vil skræma grashoppene ¬bort frå dykk, så dei ikkje øydelegg grøda ¬på marka; frukta skal ikkje slå feil på vintrea i hagen, seier Herren, Allhærs Gud. Då skal alle folkeslag ¬prisa dykk sæle, for då har de eit ynskeland, seier Herren, Allhærs Gud. De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren. Og likevel spør de: «Kva er det vi har sagt ¬mot deg?» De seier: «Det er fåfengt å dyrka Gud. Kva vinning har vi hatt av at vi retta oss etter det ¬han har fastsett, og gjekk botskledde ¬for Herren, Allhærs Gud? Men no vil vi prisa ¬dei frekke sæle, for dei gjer det vonde, ¬men det går dei vel, dei freistar Gud ¬og slepp likevel unna.» Dei som har age for Herren, ¬tala då saman, og Herren lydde etter ¬og høyrde kva dei sa. Hjå han vart det skrive ¬ei minnebok om dei som ottast Herren ¬og ærar hans namn. Den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud, skal dei vera min eigedom, og eg vil vera mild mot dei, liksom ein mann er mild mot son sin som tener han. Då skal de atter sjå skil på rettferdige og gudlause, på dei som dyrkar Gud, og dei som ikkje dyrkar han. Sjå, dagen kjem, ¬han brenn som ein omn. Alle frekke og gudlause skal då vera som halm, og dagen som kjem, ¬skal brenna dei opp, seier Herren, Allhærs Gud, så korkje rot eller grein vert att. Men for dykk ¬som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom ¬under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk ¬som kalvar når dei slepp or fjøset. Då skal de trakka ned ¬dei gudlause, dei skal vera som støv ¬under sólane dykkar den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud. Kom i hug lova åt Moses, ¬tenaren min, den eg gav han på Horeb ¬for heile Israel, både føresegner ¬og domsreglar. Sjå, eg sender profeten Elia ¬til dykk før Herrens dag kjem, ¬den store og skræmande. Han skal venda fedrehjarto ¬til borna og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma ¬og bannstøyta landet. Dette er ættetavla åt Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob vart far til Juda og brørne hans. Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Naksjon, Naksjon fekk Salma; Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, og Isai var far til kong David. David fekk sonen Salomo med kona til Uria, Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, Akas fekk Hiskia, Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon. Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, Eliud fekk Elasar, Elasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, og Jakob var far til Josef, mannen til Maria. Ho fødde Jesus, han som vert kalla Kristus. Såleis er det i alt fjorten ættleder frå Abraham til David, fjorten ættleder frå David til Babylon-ferda, og fjorten ættleder frå Babylon-ferda fram til Kristus. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var trulova med Josef; men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn, ved Den Heilage Ande. Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne. Medan han no tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande. Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Sjå, møya skal verta med barn ¬og føda ein son, og han skal kallast Immanuel – det tyder: Gud med oss. Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og tok brura si heim til seg. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fått sonen sin; honom kalla han Jesus. Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten: Du Betlehem i Juda land er så visst ikkje den ringaste ¬av fyrstane i Juda. Frå deg skal det koma ¬ein hovding, som skal vera hyrding for Israel, ¬folket mitt.» Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt. Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt, og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida. Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala: Det høyrdest eit rop ¬i Rama, gråt og høg klage; Rakel gret over borna sine og ansa ikkje trøystarord. For borte er dei. Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Såleis skulle det oppfyllast, det profetane hadde sagt, at han skulle kallast nasarear. På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: «Vend om, for himmelriket er nær!» Det er om han profeten Jesaja talar når han seier: Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette! Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan. Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine. Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma? Så ber då frukt som svarar til omvendinga. Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.» Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.» Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!» Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.» Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine ¬påbod om deg, og dei skal bera deg ¬på hendene, så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.» Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.» Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.» Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan ¬skal du tena.» Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han. Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han attende til Galilea. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum ved Galilea-sjøen, i landet til Sebulon- og Naftali-ættene. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja: Du Sebulons og Naftalis land, som ligg langsmed sjøen, og landet austanfor Jordan, du Galilea, ¬som høyrer heidningar til: Det folket som sat i mørker, har sett eit stort ljos. For dei som bur i dødens ¬skuggeland, har ljoset gått opp. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er nær!» Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar. Han sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han. Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte nøter. Jesus kalla dei, og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og fylgde han. Sidan fór Jesus ikring i heile Galilea; han lærte folket i synagogene deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse hjå dei. Det gjekk gjetord om han over heile Syria; og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ymse sjukdomar og plager, både forgjorde, månesjuke og lame, og han lækte dei. Ei stor folkemengd fylgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene austanfor Jordan. Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han. Då tok han til ords og lærte dei: Sæle dei som er fattige ¬i seg sjølve, himmelriket er deira. Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta. Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda. Sæle dei som hungrar ¬og tyrstar etter rettferda, dei skal verta metta. Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn. Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. Sæle dei som vert forfylgde ¬for rettferd, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk. De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned. De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket. Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket. De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen. Men eg seier dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er skuldig til helvetes eld. Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for, så lat gåva di liggja framfor altaret og gå fyrst og forlik deg med han. Kom så og ber fram offeret ditt! Ver snar til å semjast med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for domaren, og domaren gjev deg over til vaktmannen, og du vert kasta i fengsel. Sanneleg, det seier eg deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre. De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt. Om høgre auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete. Og om høgre handa lokkar deg til synd, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen kjem i helvete. Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmålsbrev. Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet. De har òg høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje sverja falskt, men halda det du med eid har lova for Herren. Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, korkje ved himmelen, for det er Guds kongsstol, eller ved jorda, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen. Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde. De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å fylgja han ei mil, fylg han to. Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg. De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk, så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen. Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk, så dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hjå Far dykkar i himmelen. Når du gjev til dei fattige, så blås ikkje i basun om det, som hyklarane gjer i synagogene og på gatene, så folk skal rosa dei. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du gjev ei gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer. Gjev gåva di i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg. Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. Difor skal de be såleis: Fader vår, ¬du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen. Gjev oss i dag ¬vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt ¬våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, ¬og makta og æra i all æve. ¬Amen. For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer. Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg. Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då! Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde. Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde! For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med. Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige? Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din. Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund. Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate. Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han! Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane. Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han. Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. Difor skal de kjenna dei på fruktene. Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett! Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort. Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde. Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk fylgde han. Då kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin. Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp: «Herre,» sa han, «tenaren min ligg lam heime og lid vondt.» Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.» «Herre,» svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.» Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru. Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. Men arvingane til riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» Og Jesus sa til offiseren: «Gå heim! Det skal verta som du trudde.» Og tenaren vart frisk i same stunda. Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at vermor hans låg sjuk og hadde feber. Han tok henne i handa; då gav feberen seg, og ho stod opp og stelte for han. Om kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde av vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord, og lækte alle som var sjuke. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala ved profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar. Då Jesus såg alt folket som hadde samla seg ikring han, sa han til læresveinane: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.» Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du går.» Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.» Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.» Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.» Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han. Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov. Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels! Vi går under!» Han svara: «Kvifor er de så redde? Kor lite tru de har!» Så reiste han seg og truga vinden og sjøen, og det vart blikande stilt. Mennene undra seg og sa: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han.» Då Jesus kom over på hi sida, til Gadarenar-landet, møtte han to forgjorde menn som kom ut or gravholene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen. Dei sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?» Eit godt stykke der ifrå gjekk det ein stor svineflokk på beite. Og dei vonde åndene bad han: «Driv du oss ut, så send oss inn i svineflokken.» «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i svina. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei. Gjætarane rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt, og sa korleis det hadde gått med dei forgjorde. Heile byen kom ut og ville møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira. Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by. Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Ver frimodig, son, syndene dine er tilgjevne.» Men nokre av dei skriftlærde tenkte med seg: «Denne mannen spottar Gud.» Jesus visste kva dei tenkte, og sa: «Kvifor hyser de så vonde tankar i hjarta? Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå? Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lame: «Stå opp, ta båra di og gå heim!» Då reiste mannen seg og gjekk heim. Men då folket såg det, vart dei ottefulle og lova Gud, som hadde gjeve menneske slik makt. Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbua; han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde han. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Matteus, og det kom mange tollarar og syndarar og sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans. Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?» Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Gå og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Både vi og farisearane fastar, kvifor fastar ikkje læresveinane dine?» Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene syrgja så lenge brudgomen er hjå dei? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken frå dei; då skal dei fasta! Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta vert større. Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker; for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker; då held dei seg begge.» Medan han tala til dei om dette, kom ein synagogeforstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nett slokna; men kom og legg handa di på henne, så vert ho levande att.» Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane fylgde. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans. For ho tenkte: «Kan eg berre få ta i kappa hans, så vert eg frisk.» I det same snudde Jesus seg, og då han såg henne, sa han: «Ver frimodig, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart god att i same stunda. Då Jesus kom heim til synagogeforstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han: «Gå ut! Jenta er ikkje død; ho søv.» Dei berre lo åt han. Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp. Gjetordet om dette kom ut over alle bygdene der ikring. Då Jesus gjekk derifrå, fylgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!» Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre,» svara dei. Då tok han på augo deira og sa: «Det skal verta som de trur.» Og med ein gong kunne dei sjå. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.» Men dei gjekk ut og fortalde om han i alle bygdene der. Med det same dei var farne, kom det nokre til han med ein mållaus mann, som var forgjord av ei vond ånd. Så snart den vonde ånda var driven ut, kunne den mållause tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel.» Men farisearane sa: «Det er hovdingen over dei vonde åndene som hjelper han til å driva dei vonde åndene ut.» Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse. Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.» Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder, og til å lækja all sjukdom og vanhelse. Dette er namna på dei tolv apostlane: Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans, så Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans, så Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus, Simon Kananeus og Judas Iskariot, han som sveik han. Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane! Men gå til dei bortkomne sauene i Israels-folket. Og kvar de kjem, skal de ropa ut: Himmelriket er nær! Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, og driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det. Ta ikkje med dykk gull eller sølv eller kopar i beltet, og heller ikkje ferdaskreppe, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidsmann er kosten sin verd. Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger. Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred. Er huset verdt det, skal freden kvila over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda attende til dykk. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene. Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen. Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer! Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre? Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka. Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar. Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd. Eg er komen for å setja skilje: Son står mot far, dotter mot mor, sonekone mot vermor, og ein manns husfolk ¬er hans fiendar. Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det! Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig mann fordi han er rettferdig, skal få ein rettferdig manns løn. Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn. Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane. Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!» Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar ¬føre deg, han skal rydja vegen for deg. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma. Den som har øyro, han høyre! Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: Vi bles på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje klaga. For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.» Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om: «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag. Men det seier eg dykk: På domedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.» På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.» På den tid hende det at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på ein sabbat. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta. Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, no gjer læresveinane dine noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!» Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og dei som var med han, vart svoltne? Han gjekk inn i Guds hus og åt skodebrøda, dei som korkje han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane. Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat krenkjer sabbaten i templet, og likevel er utan skuld? Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn templet. Hadde de skjøna kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause. For Menneskesonen er herre over sabbaten.» Så gjekk han derifrå og kom inn i synagoga deira. Der var det ein mann som hadde ei lam hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for. Han svara: «Om ein av dykk hadde ein sau, og han datt i ei grøft på sabbaten, ville han ikkje då få tak i sauen og dra han opp? Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Så er det då tillate å gjera godt på sabbaten.» Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god som den andre. Men farisearane gjekk ut og la planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen. Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå. Mange fylgde han, og han lækte dei alle. Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja: Sjå, min tenar ¬som eg har valt ut, han som eg elskar ¬og har hugnad i! Eg vil leggja min Ande på han, og han skal kunngjera ¬for folkeslaga det som rett er. Han skal ikkje tretta ¬og ikkje ropa, og ingen skal høyra hans røyst ¬i gatene. Han skal ikkje bryta ¬eit broste sev og ikkje sløkkja ¬ein rykande veik før han har ført retten ¬fram til siger. Og til hans namn ¬skal folkeslaga setja si von. Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?» Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.» Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem. Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta. Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen. Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag. Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.» Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.» Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet. Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo. Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.» Medan han heldt på å tala til folket, kom mor hans og brørne hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne tala med han. Då var det ein som sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil tala med deg.» Jesus svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?» Så rette han ut handa mot læresveinane sine og sa: «Der er mor mi og brørne mine. For den som gjer det Far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.» Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk ikring han at han laut gå ut i ein båt og setja seg der, og alt folket stod på stranda. Så tala han lenge til dei i likningar og sa: «Ein mann gjekk ut og skulle så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. Den som har øyro, han høyre!» Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?» Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre. For den som har, han skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. Difor talar eg til dei i likningar. For om dei ser, så ser dei ikkje; og om dei høyrer, så høyrer dei ikkje og skjønar ikkje. På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, ¬men ikkje skjøna, sjå og sjå, men ikkje skilja. For hjarta åt dette folket ¬er hardt; tungt høyrer dei med øyro, og augo har dei late att, så dei ikkje ser med augo, eller høyrer med øyro, eller skjønar med hjarta og vender om, så eg får lækja dei. Men sæle er de, for de har augo som ser og øyro som høyrer. Sanneleg, det seier eg dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det. Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen. Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå. Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt. Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.» Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sått godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes. Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå? Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei. Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset. Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.» Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar; det vert til eit tre, og fuglane i lufta kjem og byggjer reir i greinene på det.» Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.» Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han tala ikkje til dei utan i likningar. Såleis skulle det oppfyllast, det som er sagt ved profeten: Eg vil opna min munn ¬og tala i bilete, bera fram det ¬som har vore løynt frå verda vart til. Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!» Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett, og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre! Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren. Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne. Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag. Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Så set dei seg ned og samlar den gode fisken i kjerald, men den ubrukelege kastar dei. Såleis skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. Har de skjøna alt dette?» «Ja,» svara dei. Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har gått himmelriksskulen, lik ein husbond som hentar fram nytt og gamalt av det han har teke vare på.» Då Jesus hadde fortalt desse likningane, fór han derifrå og kom til heimstaden sin. Der lærte han folket i synagoga deira, så dei vart reint opp i undring og spurde: «Kvar har han fått visdomen sin frå, og korleis kan han gjera slike mektige gjerningar? Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas? Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han vel alt dette frå?» Og dei støytte seg på han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin og hjå sine eigne.» Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der, fordi dei var så vantruande. På den tid fekk fylkeskongen Herodes høyra gjetordet om Jesus. Då sa han til mennene sine: «Det er døyparen Johannes. Han har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.» Herodes hadde teke Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette var Herodias skuld i; ho var kona til Filip, bror hans. For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne til kone.» Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; for dei meinte at Johannes var ein profet. Men då Herodes høgtida årmålsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes tykte så vel om dette at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om. Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet åt døyparen Johannes på eit fat.» Kongen vart ille ved; men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, baud han at ho skulle få det, og han sende folk som skulle halshogga Johannes i fengslet. Så kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til jenta, og ho gjekk til mor si med det. Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det; sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt. Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein øydestad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk spurt det, og dei kom etter han til fots frå byane. Som han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i dei og lækte dei som var sjuke. Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.» «Dei treng ikkje gå herifrå,» sa Jesus, «gjev de dei mat!» «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» svara dei. Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!» Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brødet og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var att, og det vart tolv fulle korger. Dei som hadde ete, var ikring fem tusen menn forutan kvinner og born. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, medan han bad farvel med folket. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet så han kunne vera for seg sjølv og be. Då kvelden kom, var han der åleine. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bylgjene, for vinden var imot. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. «Det er eit skrømt!» sa dei, og var så redde at dei skreik. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!» Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut or båten og gjekk på vatnet, bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd og tok til å søkka. «Herre, frels meg!» ropa han. Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Kor lite tru du har! Kvifor tvila du?» Så steig dei opp i båten, og vinden la seg. Men dei som var i båten, fall på kne for han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!» Då dei kom over, la dei til lands i Gennesaret. Folket der på staden kjende han att og sende bod kringom i heile grannelaget, og dei kom til han med alle som var sjuke. Dei bad om at dei berre måtte få ta i kanten på kappa hans, og alle som gjorde det, vart friske. Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa: «Kvifor bryt læresveinane dine dei føresegnene vi har overteke frå dei gamle? Dei vaskar ikkje hendene før dei et.» «Og de,» svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dei føresegnene de har overteke? For Gud har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy. Men de lærer: Den som seier til far sin eller mor si: Det eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ei gåve til templet – han treng ikkje æra far sin eller mor si. Såleis har de gjort Guds bod om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke. De hyklarar! Jesaja spådde rett om dykk då han sa: Dette folket ærar meg ¬med lippene, men hjarta deira er langt borte ¬frå meg. Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, ¬er menneskebod.» Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det: Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.» Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?» Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot. Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.» Då tok Peter til ords og sa: «Forklar denne likninga for oss!» «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus. «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og ut att? Men det som går ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint. For frå hjarta kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott. Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta med uvaska hender gjer ikkje eit menneske ureint.» Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss.» Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket.» Då kom ho og kasta seg ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» «Det er sant, Herre,» sa kvinna, «men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira.» Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart god att i same stunda. Jesus drog no lenger og kom til Galilea-sjøen; han gjekk opp i fjellet og sette seg der. Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lame, vanføre, blinde og mållause og mange andre, og la dei ned for føtene hans. Jesus lækte dei, og folket undra seg då dei fekk sjå at mållause tala, vanføre vart friske, lame gjekk og blinde fekk synet. Og dei lova Israels Gud. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. La dei fara svoltne heim vil eg ikkje, for då kunne dei verta reint utmødde på vegen.» Læresveinane svara: «Kvar kan vi få brød frå her i øydemarka til å metta så mykje folk?» «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei, «og nokre småfiskar.» Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var til overs, og fylte sju korger. Dei som hadde ete, var fire tusen menn, forutan kvinner og born. Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til grendene ved Magadan. Då kom farisearane og saddukearane og bad han visa dei eit teikn frå himmelen; dei ville setja han på prøve. Men han svara: «Om kvelden seier de: Det vert godt ver, for himmelen er raud, og om morgonen: I dag vert det uver, for himmelen er raud og mørk. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men tidarteikna kan de ikkje tyda. Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg frå dei og drog bort. Då dei fór over til den andre sida, gløymde læresveinane å ta brød med seg. Jesus sa til dei: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og saddukearane.» Dei tenkte på dette og sa til kvarandre: «Det er fordi vi ikkje har teke brød med oss.» Men Jesus merka det og sa: «Kor lite tru de har! Kvifor talar de om at de ikkje har brød? Skjønar de enno ingen ting? Hugsar de ikkje dei fem brøda til dei fem tusen, og kor mange korger de då fekk att? Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att? Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.» Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane. Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Jesus tok til ords og sa: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias. Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle verta slegen i hel, og tredje dagen skulle han stå opp att. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.» Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.» Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset. Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han. Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!» Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle. Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine. På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei at dei ikkje skulle tala til nokon om dette synet før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?» Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk. Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei kjendest ikkje ved han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.» Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei. Då dei var på veg bortover mot folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.» Jesus svara: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med guten!» Og Jesus tala myndig til han, så den vonde ånda fór ut. Og guten vart god att i same stunda. Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» «Fordi de har så lite tru,» svara han. «Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk. Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.» Medan dei endå var samla i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske; dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.» Då vart dei svært sorgfulle. Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til templet?» «Jau, det gjer han,» svara Peter. Så gjekk han heim. Men før han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av sine eigne eller av framande?» «Av framande,» svara Peter. «Så er borna frie då,» sa Jesus. «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Grip den fyrste fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein stater. Ta den og gjev dei for meg og deg.» I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei og sa: Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt. Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort. Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast. Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast. Høyrer han ikkje på dei, så sei det til kyrkjelyden. Men vil han ikkje høyra på kyrkjelyden heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg. Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei. Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?» Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju! Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast. Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman. Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå. Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig! Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det. Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt. Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop. Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg? Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda. Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.» Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.» Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve. For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.» Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå. Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?» Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det som er godt? Det er berre éin som er god. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!» «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal æra far din og mor di. Du skal elska nesten din som deg sjølv.» «Alt dette har eg halde,» svara den unge mannen. «Kva står då att?» Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!» Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik. Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket. Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: «Kven kan då verta frelst?» Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.» Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg? Kva skal vi få?» Jesus sa til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene. Og alle som har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att mange gonger og få evig liv. Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste. Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er. Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins. Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen? Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg. Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste. Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden og sa: Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen! Han sa til ein av dei: Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar? Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god? Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.» Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden og gje han over til heidningane, så han vert spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han stå opp att.» Då kom mor åt Sebedeus-sønene til Jesus med sønene sine og fall på kne og ville be han om noko. «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja attmed deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.» «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus. «Kan de drikka den skåla som eg skal drikka?» «Det kan vi,» svara dei. Då sa han: «Mi skål skal de nok drikka; men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har etla det åt.» Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på dei to brørne. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei. Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre; og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre. Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.» Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med han. Attmed vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» Folket skjente på dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» Då stogga Jesus, bad dei koma og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» «Herre, lat oss få synet!» svara dei. Jesus tykte hjarteleg synd i dei og tok bortpå augo deira. Med ein gong kunne dei sjå, og dei fylgde han. Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg. Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.» Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier: Sei til Sions dotter: Sjå, kongen din kjem ¬til deg, audmjuk rid han på eit esel, folen til eit kløvdyr. Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen. Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn! Hosianna i det høgste! Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?» Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.» På tempelplassen kom det blinde og vanføre til han, og han lækte dei. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja,» svara Jesus. «Har de aldri lese: Du har late småborn ¬og spedborn syngja din pris!» Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; der var han om natta. Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten. Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet. Læresveinane undra seg då dei såg det og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?» Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de trur og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Men om de seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, så skal det henda. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru.» Så gjekk Jesus inn på tempelplassen; og medan han lærte folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg fullmakt til det?» Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje? Og svarar vi: Frå menneske, då må vi reddast folket; for alle held Johannes for ein profet.» Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min! Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk. Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje. Kven av dei to gjorde det faren ville?» «Den fyrste,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de. For då Johannes kom til dykk på rettferds veg, trudde de han ikkje. Men tollarane og skjøkjene, dei trudde han. Men endå de såg det, angra de ikkje då heller, så de trudde på han. Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet. Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei. Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei. Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår. Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel. Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?» «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.» Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene: Den steinen bygningsmennene ¬vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.» Då overprestane og farisearane høyrde desse likningane, skjøna dei at det var dei han sikta til. Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket som meinte at han var ein profet. Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! For mange er kalla, men få er utvalde.» Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord. Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du er ærleg og at du i sanning lærer oss Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skil på folk. Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» Men Jesus merka vondskapen deira og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve? Vis meg mynten som skatten skal betalast med.» Dei gav han ein denar. «Kven sitt bilete og namn er dette?» spurde han. «Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.» Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk sin veg. Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. Sist av alle døydde kvinna. Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.» Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.» Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans. Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde målbunde saddukearane, kom dei saman. Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde: «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og fyrste bodet. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. På desse to boda kviler heile lova og profetane.» Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei: «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David,» svara dei. Jesus sa: «Korleis kan då David, driven av Anden, kalla han herre, når han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter. Kallar no David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?» Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir. Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa: «På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane. Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna. Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger. Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store; dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene, og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi. Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus. Den største av dykk skal tena dei andre. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve. Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: Sver du ved templet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i templet, då er du bunden. Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller templet som gjer gullet heilagt? Og like eins: Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, då er du bunden. Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag? Den som sver ved altaret, sver både ved det og alt som ligg på det. Og den som sver ved templet, sver både ved det og han som bur i det. Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på stolen. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Dette skulle gjerast og det andre ikkje latast ugjort. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster. Blinde farisearar! Gjer fyrst skåla rein inni, så vert ho rein utanpå òg! Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. Så er det med dykk òg: I det ytre, det folk ser, er de rettferdige; men inni er de fulle av hyklarskap og urett. Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravmæle over profetane og pryder gravene åt heilage menn og seier: Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje vore med på å drepa profetane. Så vitnar de sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel. Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt. Slangar og ormeyngel! Korleis kan de sleppa å verta dømde til helvete? Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by. Såleis skal straffa koma over dykk for alt det skuldlause blodet som har runne på jorda, heilt frå drapet på den rettferdige Abel til drapet på Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret. Sanneleg, det seier eg dykk: Over denne ætta skal det koma alt saman. Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!» Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.» Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?» Jesus tok til ords og sa: Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor. De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. Men alt dette er berre dei fyrste føderiene. Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma. Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, røma til fjells; den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare. Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje! For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. Der åtselet er, vil gribbane samlast. Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn. Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen. Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det. Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno. Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner. Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.» Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen. Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin. Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre. Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.» Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv. Då Jesus hadde tala alle desse orda, sa han til læresveinane: «De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.» Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas, og vart samde om å gripa Jesus med list og drepa han. «Men ikkje i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.» Medan Jesus var i Betania, heime hjå Simon den spedalske, kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke full av dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han sat til bords. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik øyding tena til? Denne salven kunne vore seld for mange pengar til hjelp for dei fattige.» Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid. Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.» Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane og sa: «Kva vil de gje meg om eg hjelper dykk til å få tak i han?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han. Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus. Fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær; hjå deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet. Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Ein som har duppa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sjølv sagt det,» svara Jesus. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.» Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.» Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å venda dykk frå meg. For det står skrive: Hyrdingen slår eg, og saueflokken skal spreiast. Men når eg har stått opp att, skal eg fara føre dykk til Galilea.» Peter tok til ords og sa: «Om så alle vender seg frå deg, skal eg aldri gjera det.» Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Men Peter sa: «Om eg så lyt døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa dei andre læresveinane. Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går bort der og bed.» Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han tok til å syrgja og kvidast. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så greidde de ikkje å vaka ein time med meg? Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.» Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.» Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen. Så kom han attende til læresveinane og sa: «De søv framleis og kviler, de! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast i syndarhand. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta.» Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. Men Jesus sa til han: «Gjer det du er komen for, venen min!» No kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange. Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han. Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd. Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar? Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?» I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje. Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og rømde. Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg. Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda. Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden. Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to som sa: «Denne mannen har sagt: Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.» Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?» Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Ved den levande Gud – sei oss: Er du Messias, Guds Son?» Jesus svara: «Du har sagt det. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma på himmelskyene.» Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga. Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.» Så spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Andre slo han på kinnet og sa: «No kan du vera profet, Messias, og seia kven som slo deg!» Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei av tenestjentene bort til han og sa: «Du òg var saman med Jesus frå Galilea.» Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du talar om.» Så gjekk han ut i portkvelven. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.» Peter nekta atter og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen!» Eit lite bel etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Ja menn er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.» Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Med det same gol hanen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt. Då det vart morgon, møttest alle overprestane og dei eldste i folket og samdest om at Jesus laut døy. Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus. Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og bar dei tretti sølvpengane attende til overprestane og dei eldste og sa: «Eg synda då eg sveik ein skuldlaus og sende han i døden.» Men dei svara: «Kva skil det oss? Det vert di sak.» Då kasta han pengane inn i templet og gjekk bort og hengde seg. Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.» Så vart dei samde om å kjøpa Krusmakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande. Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag. Då vart det oppfylt, det som profeten Jeremia har sagt: Dei tok dei tretti sølvpengane, det som han var verdsett til, han som israelittane ¬lét verdsetja, og gav dei ¬for Krusmakaråkeren, så som Herren baud meg. Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus. Men då overprestane og dei eldste kom med klagemåla sine mot han, svara han ikkje. Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alt det dei klagar deg for?» Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg svært. Kvar høgtid var landshovdingen van å gje ein fange fri, den som folket ville ha. Den gongen hadde dei ein velkjend fange som heitte Barabbas. Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som vert kalla Messias?» For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus i hans hand. Medan Pilatus sat i domarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne skuldlause mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.» Men overprestane og dei eldste overtalde folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen. Og då landshovdingen spurde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» svara dei: «Barabbas.» «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som vert kalla Messias?» spurde Pilatus. Då ropa dei alle: «Krossfest han!» «Kva vondt har han gjort?» spurde han. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!» Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, og at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på og sa: «Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for.» Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.» Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting. Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken ikring han. Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe, fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handa. Dei fall på kne for han, gjorde narr av han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!» Så spytta dei på han og tok røyrstaven og slo han i hovudet. Då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede. Så førte dei Jesus bort og skulle krossfesta han. På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne, som heitte Simon; honom tvinga dei til å bera krossen hans. Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallen – gav dei han vin, blanda med galle. Men då han hadde smaka på det, ville han ikkje drikka. Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. Sidan vart dei sitjande der og heldt vakt over han. Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.» Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «Du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned av krossen!» På same måten gjorde overprestane narr av han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han. Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har hugnad i han. Han har då sagt: Eg er Guds Son.» Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten. Frå den sjette timen låg det mørker over heile landet alt til den niande timen. Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Nokre som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med eddikvin, feste han på ei stong og ville la han få drikka. Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut. Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna. Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp. Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange. Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!» Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han. Mellom dei var Maria Magdalena, Maria, mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene. Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea. Han hadde vorte ein Jesu læresvein. Han gjekk til Pilatus og bad om å få lekamen åt Jesus, og Pilatus baud at han skulle få han. Då tok Josef lekamen, sveipte han i eit reint linklede og la han i den nye grava som han hadde hogge ut til seg i bergveggen. Så velte han ein stor stein attfor inngangen og gjekk. Maria Magdalena og den andre Maria var der; dei sat beint framfor grava. Neste dagen, den som kjem etter helgaftan, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: Tre dagar etter står eg opp att. Gjev no påbod om at det skal haldast vakt ved grava til tredje dagen er over. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då vert den siste villfaringa verre enn den fyrste.» Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og syt for vakthald som de finn det best.» Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen. Då sabbaten var til ende, og det tok til å ljosna fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria og ville sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv; for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava og velte steinen ifrå og sette seg på han. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. No har eg sagt dykk det.» Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane. Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt. Overprestane og dei eldste kom då saman, og dei vart samde om kva dei skulle gjera. Dei gav soldatane mange pengar og sa: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov. Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi tala med han, så de kan vera trygge.» Dei tok imot pengane og gjorde som dei var føresagde. Såleis kom det ordet ut mellom jødane, og det har halde seg til denne dag. Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Dette er opphavet til evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. Hjå profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar ¬føre deg, han skal rydja vegen for deg. Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette! Såleis stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han ropa ut at folket skulle venda om og la seg døypa så dei kunne få tilgjeving for syndene sine. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han; og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. Han forkynte: «Etter meg kjem han som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.» På den tid kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. Med det same han steig opp or vatnet, såg han himmelen opna seg og Anden dala ned over han som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i.» Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka; og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han. Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium og sa: «Tida er komen, og Guds rike er nær. Vend om og tru på evangeliet!» Ein gong han gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar. Jesus sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han. Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans; dei sat i båten og bøtte nøtene sine. Straks kalla han dei, og dei gjekk ifrå far sin, Sebedeus, som sat att i båten saman med leigekarane, og dei fylgde Jesus. Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og lærte folket. Dei var tekne av undring over læra hans, for han lærte med mynde og ikkje som dei skriftlærde. No var det i synagoga deira ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!» Men Jesus truga den ureine ånda og sa: «Tei still og far ut or han!» Og ho reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut or han. Då vart alle forfærde og spurde kvarandre: «Kva er dette? Ei ny lære, med makt og mynde! Han byd jamvel dei ureine åndene, og dei lyder han.» Og gjetordet om han fór snart over heile Galilea. Frå synagoga gjekk dei heim til Simon og Andreas; Jakob og Johannes var med. Vermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus. Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei. Då det vart kveld og sola gladde, kom dei til han med alle som var sjuke eller forgjorde; heile byen var samla utfor døra. Han lækte mange som leid av ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var. Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod han opp og gjekk til ein øydestad; der bad han. Simon og dei som var med han, skunda seg etter, og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg.» Men Jesus svara: «Lat oss halda fram til småbyane her ikring, så eg kan tala til folket der òg. Det er difor eg er komen.» Så drog han ikring i heile Galilea, tala i synagogene deira og dreiv ut dei vonde åndene. Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus fekk medkjensle med han, rette ut handa og tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!» Med det same var sjukdomen borte, og mannen var rein. Jesus tala strengt til han og baud han gå sin veg. «Sei ikkje eit ord til nokon om dette,» sa han. «Men gå og vis deg for presten, og ber fram dei offer som Moses har gjeve påbod om for den som lèt seg reinsa. Det skal vera eit vitnemål for dei.» Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på øydestader. Men folk kom til han frå alle kantar. Ei tid etter kom Jesus til Kapernaum att. Og då det spurdest at han var heime, samla det seg så mykje folk at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han tala Ordet til dei. Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han. Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.» Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg: «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?» Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta? Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå? Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.» Så gjekk Jesus ned til sjøen att. Der kom alt folket til han, og han lærte dei. Då han gjekk framom tollbua, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat der. «Fylg meg!» sa Jesus. Då reiste han seg og fylgde han. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Levi, og mange tollarar og syndarar sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans. Det var no mange som fylgde han. Då dei skriftlærde av farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?» Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?» Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? Så lenge dei har brudgomen hjå seg, kan dei ikkje fasta. Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei; når den dagen kjem, då skal dei fasta. Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta vert større. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!» Ein gong bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på sabbaten, og læresveinane hans tok til å riva av aks medan dei gjekk. Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei det som ingen har lov til på sabbaten?» Han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde då han var i naud, og både han og mennene hans svalt? Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta; han gav òg dei som fylgde han.» Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten. Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.» Jesus gjekk atter inn i ei synagoge. Der var det ein mann som hadde ei lam hand. Og dei heldt auga med han om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. Men han sa til mannen med den lame handa: «Reis deg og kom fram!» Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv? Men dei tagde. Då såg han på alle ikring seg, harm og sorgfull fordi dei var så harde i hjarta. Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god att. Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen. Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea fylgde han. Og frå Judea og Jerusalem, frå Idumea og landet austanfor Jordan og frå bygdene kring Tyrus og Sidon kom dei til han i store flokkar; for dei hadde høyrt om alt han gjorde. Då sa han til læresveinane at det skulle liggja ein båt ferdig til han, om folket skulle trengja for hardt innpå han. For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram og ville ta i han. Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!» Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend. Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. Han sette inn tolv som skulle vera med han, og som han ville senda ut. Dei skulle forkynna og ha makt til å driva ut dei vonde åndene. Han sette inn dei tolv; det var Simon, som han kalla Peter, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus og Simon Kananeus, og Judas Iskariot, han som sveik han. Med det same han kom heim, strøymde folk saman att, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta. Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad og ville henta han. «Han må vera reint ifrå seg,» sa dei. Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er hovdingen over dei vonde åndene som hjelper han til å driva ut dei vonde åndene.» Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan? Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan ikkje det riket halda seg, og kjem ein heim i strid med seg sjølv, kan ikkje den heimen halda seg. Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg; då er det ute med han. Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans. Sanneleg, det seier eg dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei så spottar. Men den som spottar Den Heilage Ande, får i all æve ikkje tilgjeving; han er skuldig i ei evig synd.» Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.» Då kom Jesu mor og brørne hans; dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. Det sat ein stor flokk ikring han, og nokre sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og spør etter deg.» Jesus svara: «Kven er mor mi og brørne mine?» Og han såg på dei som sat ikring han, og sa: «Sjå her er mor mi og brørne mine! Den som gjer det Gud vil, er bror min, syster mi og mor mi.» Jesus tok atter til å læra folket nede ved sjøen. Då samla det seg slik ei mengd ikring han at han laut gå ut i ein båt; og den sat han i utpå sjøen, medan heile folkehopen stod inne på stranda. Han tala lenge til dei i likningar og lærte dei. «Høyr her!» sa han. «Ein mann gjekk ut og skulle så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det, så det ikkje gav grøde. Men noko fall i god jord. Det rann opp, voks og gav grøde: noko tretti foll, noko seksti foll og noko hundre foll.» Og han sa: «Den som har øyro å høyra med, han høyre!» Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane. Han svara: «De får vita løyndomen om Guds rike. Men til dei som er utanfor, vert alt sagt i likningar – for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje skjøna, så dei kunne venda om og få tilgjeving.» Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar? Såmannen sår ordet. Dei attmed vegen, det er dei som ordet vert sått i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sått i dei. Sameleis dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det. Men dei har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når dei møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell dei straks ifrå. Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet, men sutene for dette livet og den svikefulle rikdomen og hugen på alle andre ting kjøver ordet, så det ikkje gjev grøde. Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: somme tretti foll, somme seksti foll og somme hundre foll.» Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under eit kar eller under senga? Set dei det ikkje i staken? For ingenting er løynt utan at det skal fram, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen. Den som har øyro å høyra med, han høyre!» Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! Med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk, og endå skal de få noko attpå. For den som har, han skal få; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.» Han sa: «Med Guds rike er det som når ein mann har sått kornet i jorda. Han søv og står opp, det vert natt, og det vert dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde: fyrst strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.» Og han sa: «Kva skal vi likna Guds rike med? Kva samanlikning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det vert lagt i jorda, er det mindre enn noko anna frø i verda. Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.» I mange slike likningar tala han ordet til dei, etter som dei var gode til å høyra. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman. Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.» Så skildest dei med folket og tok han med seg i den båten han sat i. Andre båtar fylgde òg med. Då kom det ein hard kastevind, og bylgjene slo inn i båten, så han heldt på å gå full. Men Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, er du likesæl om vi går under?» Så reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikande stilt. Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!» Så kom dei over til hi sida av sjøen, til Gerasenar-landet. Med det same Jesus steig ut or båten, kom det ein mann imot han frå gravholene. Han hadde ei urein ånd i seg og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lekkjer. For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lekkjer, men han hadde rive lekkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han. Natt og dag var han i gravholene og i fjella og skreik og slo seg sjølv med steinar. Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han og ropa høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, Son åt Den Høgste Gud? For Guds skuld, pin meg ikkje!» For Jesus hadde sagt til han: «Far ut or mannen, du ureine ånd!» «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han, «for vi er mange.» Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut or bygda. No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der attmed fjellet, og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til svina, så vi kan fara inn i dei!» Det gav han dei lov til. Då fór dei ureine åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei. Dei som gjætte svina, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt. Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå den forgjorde sitja der påkledd og med sitt fulle vit, han som hadde hatt alle åndene i seg. Då vart dei redde. Og då dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med den forgjorde og med svina, bad folket Jesus at han måtte dra bort frå bygdene deira. Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde om å få vera med han. Jesus gav han ikkje lov til det, men sa: «Gå heim til folket ditt, og fortel dei kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg!» Men han gjekk av stad og tok til å fortelja rundt ikring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg. Jesus fór atter over til hi sida med båten, og mykje folk samla seg om han. Medan han var nede ved sjøen, kom ein synagogeforstandar, som heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans og bad han inderleg: «Veslejenta mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.» Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop fylgde etter og trengde seg innpå han. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå. For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, vert eg god att.» Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen. Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som tok i kleda mine?» «Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,» svara læresveinane, «og så spør du kven som tok i deg.» Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var. Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.» Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?» Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» Så lét han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. Då dei kom heim til synagogeforstandaren, og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Jenta er ikkje slokna; ho søv.» Dei berre lo åt han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der jenta låg. Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» Og straks stod jenta opp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne mat. Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han. Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga. Alle som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer! Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hjå oss?» Og dei støytte seg på han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hjå skyldfolket sitt og i heimen sin.» Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få helselause og lækte dei. Og han undra seg over at dei var så vantruande. Så drog han ikring til landsbyane og lærte folket. Jesus kalla til seg dei tolv og sende dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene. Han sa til dei at dei ikkje skulle ta anna med seg på vegen enn stav, ikkje brød, ikkje skreppe, ikkje pengar i beltet. Dei kunne gå i sandalar, men ikkje ha på seg meir enn ein kjortel. «Når de har teke inn i eit hus,» sa han, «så ver der til de fer bort frå den staden. Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de rista støvet av føtene og gå dykkar veg. Det skal vera eit vitnemål mot dei.» Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om. Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei. Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.» Andre sa: «Det er Elia,» og endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.» Men då Herodes høyrde det, sa han: «Johannes som eg lét halshogga, har stått opp att.» For Herodes hadde sendt ut folk til å gripa Johannes og hadde kasta han i fengsel og bunde han. Dette var Herodias skuld i. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans. Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona åt bror din.» Difor hata Herodias han og ville få han drepen, men ho fekk det ikkje til. For Herodes hadde age for Johannes; han visste at han var ein rettvis og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill; likevel høyrde han gjerne på han. Men så baud det seg eit høve: På årmålsdagen sin gjorde Herodes eit gjestebod for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea. Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene tykte så vel om dette at kongen sa til jenta: «Bed meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.» Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve riket mitt.» Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet åt døyparen Johannes,» svara ho. Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet åt døyparen Johannes på eit fat.» Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, ville han ikkje seia nei til henne. Han sende straks ein av livvakta i veg og bad han henta hovudet åt Johannes. Mannen gjekk av stad og halshogde Johannes i fengslet; så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si. Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav. Apostlane samla seg atter hjå Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og alt dei hadde lært folket. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein øydestad, der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk, at dei fekk ikkje eingong matro. Så drog dei ut med båten til ein øydestad, der dei kunne vera for seg sjølve. Men mange såg at dei drog bort og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. Då Jesus gjekk i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han tykte hjarteleg synd i dei, for dei var som sauer utan hyrding. Og han gav seg til å læra dei lenge og grundig. Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i gardane og landsbyane her ikring og kjøpa seg mat!» «Gjev de dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» Då sa han at dei skulle la alle setja seg ned i flokkar i det grøne graset. Og dei slo seg ned i flokkar, somme på hundre og somme på femti. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane; dei skulle dela det ut til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. Det var fem tusen mann som hadde ete. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, til Betsaida, medan han bad farvel med folket. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet og ville be. Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land. Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. Og i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom, men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit skrømt, og skreik høgt, for dei såg han alle, og dei vart redde. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!» Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring. For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brødet, så harde var dei. Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der. Med det same dei steig ut or båten, kjende folk han att; og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var. Og kvar han kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei måtte få ta om så berre i kanten på kappa hans. Og alle som tok i han, vart friske. Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus. Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med vanheilage, det vil seia uvaska hender. For farisearane og alle andre jødar vaskar hendene med litt vatn før dei et. Dette er i samsvar med føresegnene frå dei gamle. Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje før dei har vaska seg. Dei har òg mange andre skikkar, som dei har overteke og held fast på, så som å skylja koppar og krus og koparkjerald. Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor fylgjer ikkje læresveinane dine dei føresegnene som vi har frå dei gamle, men et med vanheilage hender?» Då sa Jesus: «Jesaja spådde rett om dykk, hyklarar, som det står skrive: Dette folket ærar meg ¬med lippene, men hjarta deira er langt borte ¬frå meg. Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, ¬er menneskebod. De bryr dykk ikkje om Guds bod, men held fast på føresegner som er overtekne etter menneske.» Og han sa til dei: «Ja, de fer fint åt! De gjer Guds bod om inkje, så de kan fylgja dykkar eigne føresegner. Moses har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy. Men de lærer: Om ein mann seier til far sin eller mor si: Det som eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ein korban – det er ei gåve til templet – då lèt de han ikkje få lov til å hjelpa far sin eller mor si. Såleis gjer de Guds ord om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke og gjev vidare. Og slikt gjer de mykje av.» Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og skjøna det eg seier! Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Men det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint. Den som har øyro å høyra med, han høyre!» Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om denne likninga. «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utanfrå, ikkje kan gjera det ureint? Det kjem då ikkje inn i hjarta, men fer ned i magen og ut att.» Dermed slo han fast at all mat er rein. Og han la til: «Det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint. For innanfrå, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, ekteskapsbrot, havesykje, vondskap, svik, sedløyse, misunning, spott, hovmod, vitløyse. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.» Så tok han ut derifrå og fór til bygdene kring Tyrus. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt. Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som det var ei urein ånd i. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans. Denne kvinna var ikkje jøde; ho var frå landet der, Fønikia i Syria. Og ho bad han driva den vonde ånda ut or dotter hennar. Men Jesus sa til henne: «Lat fyrst borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» «Det er sant, Herre,» svara ho, «men hundane under bordet et då av smulane etter borna.» Då sa han til henne: «Sidan du sa dette, kan du gå heim; den vonde ånda har fare ut or dotter di.» Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga; den vonde ånda hadde fare ut. Sidan drog Jesus bort att frå landet kring Tyrus. Han tok vegen gjennom Sidon og Dekapolis-landet og kom til Galilea-sjøen. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Så stakk han fingrane sine i øyro hans, vætte tunga hans med spytt, såg opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» Då vart øyro hans opplatne, og tunga vart løyst så han tala klårt. Jesus forbaud dei å seia det til nokon; men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Han har gjort alle ting vel. Han får døve til å høyra og mållause til å tala.» Ein gong på den tid var det atter mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Lèt eg dei fara svoltne heim, vert dei reint utmødde på vegen; for somme av dei har kome lange vegar.» «Kvar kan ein få brød frå her i øydemarka til å metta alle desse?» svara læresveinane. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei. Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, så dei skulle dela dei ut, og dei delte dei ut til folket. Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei skulle delast ut. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som låg att; det vart sju korger. Og det var ikring fire tusen menneske der. Så lét han dei fara heim. Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta. No kom farisearane til, og dei gav seg i ordskifte med Jesus. Dei bad han om eit teikn frå himmelen, for dei ville setja han på prøve. Då sukka han djupt og sa: «Kvifor krev denne ætta eit teikn? Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje få noko teikn.» Dermed gjekk han ifrå dei, steig i båten og drog over til hi sida. Men læresveinane hadde gløymt å ta brød med; dei hadde berre eit einaste brød med seg i båten. Då åtvara Jesus dei og sa: «Ta dykk i vare og akta dykk for surdeigen til farisearane og Herodes!» Då sa dei seg imellom: «Dette seier han fordi vi ikkje har brød med oss.» Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor talar de om at de ikkje har brød? Ser og skjønar de enno ingen ting? Er de så harde? Har de augo og ser ikkje? Har de øyro og høyrer ikkje? Hugsar de ikkje den gongen eg braut dei fem brøda til dei fem tusen, kor mange korger fulle av brødstykke samla de opp då?» «Tolv,» svara dei. «Og då eg braut dei sju brøda til dei fire tusen, kor mange korger med brødstykke samla de opp då?» «Sju,» svara dei. «Og endå skjønar de ingen ting?» sa han. Så kom dei til Betsaida. Der førte dei ein blind mann til Jesus og bad han røra ved han. Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut or byen. Så vætte han augo hans med spytt, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?» Mannen såg opp og sa: «Eg skimtar menneske; for eg ser noko som liknar tre gå ikring.» Så la Jesus på nytt hendene over augo hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt. Og Jesus sende han heim og sa: «Gå ikkje inn i byen!» Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre ein av profetane.» «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.» Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon. Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.» Dette sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes. Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.» Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? Den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige ætta, han skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin, saman med dei heilage englane.» Og han la til: «Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå at Guds rike har kome med kraft.» Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei tala med Jesus. Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei var så redde. Då kom det ei sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» Men best dei såg seg ikring, såg dei ingen annan enn Jesus; han åleine var hjå dei. På vegen ned frå fjellet baud han dei at dei ikkje skulle tala til nokon om det dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. Dei merka seg det ordet og drøfte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. «Seier ikkje dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?» spurde dei. Jesus svara: «Jau, Elia kjem fyrst og set alt i rett skikk. Men kva står skrive om Menneskesonen? At han skal lida mykje og aktast for inkje. Men eg seier dykk at Elia alt er komen, og dei gjorde med han som dei ville – så som det står skrive om han.» Då dei kom attende til dei andre læresveinane, såg dei ein stor folkehop samla ikring dei og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei. Med det same folket fekk auga på Jesus, stokk dei til, og dei sprang imot han og helsa. «Kva er det de er usamde om?» spurde han. Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei mållaus ånd i seg. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står or munnen, og han skjer tenner og vert stiv. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei makta det ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Du vantruande ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!» Dei leidde guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg og togg skum. «Kor lenge har han hatt det så?» spurde Jesus. «Sidan han var liten,» svara faren. «Ofte har ånda kasta han både i eld og vatn for å gjera ende på han. Men kan du gjera noko, så ha medynk med oss og hjelp oss!» «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogeleg for den som trur.» Straks ropa far til guten: «Eg trur, hjelp meg i mi vantru!» Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine ånda og sa: «Du mållause og døve ånd, eg byd deg: Far ut or han, og far aldri meir inn i han!» Då skreik ho høgt, reiv hardt i han og fór ut. Guten låg som livlaus, og mange sa at han var død. Men Jesus tok han i handa og reiste han opp, og han stod opp. Då Jesus var komen i hus, og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» Han svara: «Dette slaget kan ikkje drivast ut med anna enn bøn og faste.» Dei tok ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det, for han heldt på å læra læresveinane sine. Då sa han til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske; dei skal slå han i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.» Dei skjøna ikkje dette, men våga ikkje å spørja han. Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de tala om på vegen?» Dei tagde, for på vegen hadde dei tala med kvarandre om kven som var den største. Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Den som vil vera den fyrste, må vera den siste av alle og tenar for alle.» Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei, la armane om det og sa til dei: «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, han tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.» Johannes sa til han: «Meister, vi såg at ein mann som ikkje er i lag med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista å hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.» Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For den som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan ikkje så snart tala vondt om meg. Den som ikkje er imot oss, er med oss. Den som gjev dykk eit glas vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn. Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet. Om handa di lokkar deg til synd, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. Og om foten din lokkar deg til synd, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har to føter og vert kasta i helvete, der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. Og om auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete, der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. For kvar og ein skal saltast med eld. Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!» Så tok han ut derifrå og kom til bygdene i Judea og til landet austanfor Jordan. Folket samla seg atter ikring han, og han lærte dei som han hadde for vane. Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. «Kva har Moses bode?» sa Jesus. Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmålsbrev og senda henne frå seg.» Då sa han til dei: «Fordi hjarto dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei til mann og kvinne. Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si, og dei to skal vera eitt. Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette. Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den fyrste. Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.» Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei; men læresveinane ville visa dei bort. Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei. Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?» Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Berre éin er god – det er Gud. Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal ikkje eigna til deg noko med svik. Du skal æra far din og mor di.» Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.» Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Eitt vantar deg: Gå bort og sel alt det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!» Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sturen bort, for han var svært rik. Då såg Jesus ikring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det vert for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike.» Læresveinane stokk til då han sa det. Men Jesus tok til ords att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike for dei som set sin lit til rikdom. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» Då vart dei reint forfærde og sa til kvarandre: «Kven kan då verta frelst?» Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.» Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg?» Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld, utan at han skal få det att hundre gonger: her i tida hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar – men forfylgingar òg – og i den verda som kjem, evig liv. Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.» Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var ottefulle, og dei som fylgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv ikring seg og tok til å tala med dei om det som skulle henda han: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden og gje han over til heidningane, og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.» Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.» «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han. Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg, den eine på høgre og den andre på venstre sida di, når du tronar i din herlegdom.» «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus.»Kan de drikka den skåla som eg drikk, eller ta den dåpen som eg tek?» «Det kan vi,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Den skåla eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg får, skal de få. Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er etla åt.» Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på Jakob og Johannes. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som gjeld for fyrstar over folka, er herrar over dei, og stormennene styrer med hard hand. Men såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre. Og den som vil vera den fyrste av dykk, skal vera træl for alle. For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.» Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut or byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i og ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» Mange skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» Då stogga Jesus og sa: «Bed han koma hit!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver frimodig! Reis deg opp! Han kallar på deg.» Mannen kasta av seg kappa, spratt opp og kom bort til Jesus. «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få synet!» Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med ein gong kunne han sjå, og han fylgde Jesus på vegen. Då dei var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to av læresveinane i veg og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Med det same de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og koma hit med. Og er det nokon som spør: Kva er det de gjer? då skal de svara: Herren har bruk for han, og sender han straks attende.» Så gjekk dei og fann folen; han stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han. Nokre som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?» Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå. Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå. Mange breidde kappene sine på vegen, andre strøydde lauvgreiner som dei hadde hogge ute på markene. Og dei som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn! Velsigna vere vår far ¬Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste! Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg ikring alle stader, men då det tok til å kvelda, drog han ut til Betania med dei tolv. Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten. Langt borte såg han eit fikentre med lauv på; han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna frukt på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv; for det var ikkje tid for fiken. Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg.» Og det høyrde læresveinane hans. Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen. Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folkeslag? Men de har gjort det til ei røvarhole.» Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista finna ei råd til å få rudt han or vegen. For dei var redde han, av di heile folket var gripe av læra hans. Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane hans ut or byen. Tidleg om morgonen gjekk dei framom fikentreet, og då fekk dei sjå at det hadde turka radt ifrå rota. Peter kom i hug det som hadde hendt, og sa til Jesus: «Rabbi, sjå fikentreet som du bannstøytte! Det har turka.» Men Jesus svara dei: «Ha tru til Gud! Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå som han vil. Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det. Men når de står og bed, og har noko å klaga ein annan for, må de tilgje han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar. Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.» Dei kom atter til Jerusalem. Og medan Jesus gjekk ikring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?» Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette. Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje? Eller skal vi svara: Frå menneske?» – Men det torde dei ikkje for folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet. Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.» Så tok han til å tala til dei i likningar: «Det var ein gong ein mann som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet. Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei greip tenaren og slo han og sende han tomhendt bort. Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei; han slo dei i hovudet og spotta han. Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei. No hadde han ein einaste att, son sin, som han heldt så av. Til sist sende han sonen til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. Men vindyrkarane sa til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår. Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut or vingarden. Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på desse paktarane og la andre få vingarden. Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta: Den steinen bygningsmennene ¬vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo.» Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg. Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord. Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi gjera det, eller skal vi la vera?» Men Jesus merka hyklarskapen deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar, og lat meg få sjå han!» Dei gav han ein, og han spurde: «Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undra seg svært over han. Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: «Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein mann døyr og lèt etter seg kone, men ikkje born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. No var det sju brør; den eldste tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born. Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og den tredje like eins. Ingen av dei sju lét etter seg born. Sist av dei alle døydde kvinna. Men i oppstoda, når dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.» Jesus sa til dei: «De fer vilt! Og gjer de ikkje det fordi de korkje kjenner skriftene eller Guds makt? For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og vert ikkje bortgifte; dei er som englane i himmelen. Men at dei døde står opp, det har de vel lese om i Moseboka? I forteljinga om klungeren seier Gud til Moses: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De tek heilt i miss.» Ein skriftlærd som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han og spurde: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?» Jesus svara: «Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin; og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. Det andre er dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Noko større bod enn desse finst ikkje.» Den skriftlærde sa til han: «Vel tala du, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. Å elska han av heile sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og andre offer.» Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til han: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir. Ein gong medan Jesus lærte på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son? For sjølv seier David, driven av Den Heilage Ande: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter. Når David kallar Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?» Den store folkehopen høyrde gjerne på Jesus. Og medan han lærte dei, sa han: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Dei vil sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod. Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.» Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. Så kom det ei fattig enkje og la to småmyntar; det er ein øre. Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt det ho åtte, alt det ho skulle leva av.» Då Jesus var på veg ut frå templet, sa ein av læresveinane til han: «Meister, sjå for steinar og for byggverk!» Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.» Då han sat på Oljeberget midt imot templet, og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet som syner seg når alt dette skal fullendast?» Jesus tok til ords og sa: Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg.» Og dei skal føra mange på villspor. Når de høyrer om krig, og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skræma! Dette lyt henda, men enno er ikkje enden komen. Folk skal reisa seg mot folk, og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv mange stader, og hungersnaud. Dette er dei fyrste føderiene. Men sjå dykk føre! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, så de kan vitna for dei. Og fyrst må evangeliet forkynnast for alle folkeslag. Men når dei fører dykk bort og gjev dykk over til styremaktene, så syt ikkje for kva de skal seia, men sei det som vert gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den Heilage Ande. Bror skal senda bror i døden og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. Men når de ser «den øydande styggedomen» stå der han ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, røma til fjells; den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! Men bed at det ikkje må henda om vinteren! For i dei dagane skal det verta slike trengsler som det aldri har vore sidan Gud i opphavet skapte verda, og som det heller aldri meir skal verta. Og gjorde ikkje Herren den tida kortare, så vart ikkje eit menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort den tida kortare. Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias!» eller: «Sjå der er han», så tru det ikkje! For falske messiasar og falske profetar skal stå fram. Dei skal gjera teikn og under for å føra dei utvalde vilt, om det er råd. Så sjå dykk føre! Eg har sagt dykk alt føreåt. Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen, og kreftene i himmelrømda skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hjørne, frå ytste enden av jorda til ytste enden av himmelen. Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Like eins når de ser at dette hender, då veit de at han er utfor døra. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen. Ver på vakt og vak! For de veit ikkje når tida kjem. Det er som når ein mann skal fara utanlands: Før han fer heimanfrå, set han tenarane sine til å styra for seg. Kvar av dei får sitt å gjera, og til dørvaktaren seier han at han skal vaka. Så vak då! For de veit ikkje kva tid husbonden kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel eller når dagen renn. Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne! No var det berre to dagar att til påske- og usyrdebrødshelga. Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å gripa Jesus med list og slå han i hel. «Det må ikkje gjerast i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.» Jesus var no i Betania, heime hjå Simon den spedalske. Medan dei sat til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho opna krukka og helte salven ut over hovudet hans. Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik øyding med salve tena til? Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala kvast til henne. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. Dei fattige har de alltid hjå dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil; men meg har de ikkje alltid. Ho gjorde det ho kunne, og føreåt salva ho lekamen min til gravferda. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, verta fortalt til minne om henne.» Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus i deira hand. Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika han. Fyrste dagen i usyrdebrødshelga, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella til påskemåltidet for deg?» Då sende han to av læresveinane i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja, og der han går inn, skal de seia til mannen i huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine? Då syner han dykk ein sal ovanpå med benker og puter, ferdig til måltid. Der skal de stella til for oss.» Så gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det så som han hadde sagt. Og dei stelte til påskemåltidet. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv. Medan dei sat til bords og åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.» Då vart dei sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg?» Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som duppar i fatet saman med meg. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.» Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Ta det! Dette er min lekam.» Så tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk av han alle. Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri meir skal eg drikka av frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.» Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å venda dykk frå meg, for det er skrive: Hyrdingen slår eg, og sauene skal spreiast. Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» Då sa Peter: «Om så alle vender seg frå deg, skal ikkje eg gjera det.» Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så lyt døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle. Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!» Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at han måtte verta spart for denne timen, om det var råd. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogeleg for deg. Ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom attende, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Var du ikkje god til å vaka ein einaste time? Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.» Så gjekk han bort att og bad same bøna. Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn, og dei visste ikkje kva dei skulle svara han. Tredje gongen kom han til dei og sa: «De søv framleis og kviler, de! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast i syndarhand. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med trygg vakt.» Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han. Så la dei hand på han og tok han til fange. Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han. Då sa Jesus til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag var eg hjå dykk på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje. Men såleis skulle skriftene oppfyllast.» Då forlét alle Jesus og rømde. Ein ung mann fylgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han, men han sleppte linkledet og rømde naken. Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde. Men Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden. Overprestane og heile Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitnemåla samsvara ikkje. Då stod det fram nokre som vitna falskt imot han og sa: «Vi har høyrt han seia: Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.» Men heller ikkje her var det samsvar mellom vitnemåla. Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?» Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den Høglova?» Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma med himmelskyene.» Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne? De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle sa han var skuldig til å døy. Då tok somme til å spytta på han, og dei la eit plagg over andletet hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene slo han på kinnet. Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestjentene hjå øvstepresten. Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne nasarearen Jesus.» Men han nekta. «Eg veit ikkje og skjønar ikkje kva du talar om,» sa han og gjekk ut i portromet. Men jenta fekk auga på han der, og tok atter til å seia til dei som stod ikring: «Han er ein av dei.» Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Ja menn er du ein av dei! Du er då galilear.» Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar om.» I det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt. Med det same morgonen rann, samrådde overprestane seg med dei eldste og dei skriftlærde, heile Rådet, og tok si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus. Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus. Overprestane kom no med mange klagemål mot han. Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei klagar deg for!» Men Jesus svara ikkje eit ord, så Pilatus undra seg. Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den dei sjølve bad om. Ein som heitte Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar. Dei hadde drepe ein mann medan opprøret stod på. Då no folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane, sa han: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?» For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus i hans hand. Men overprestane fekk eggja opp folket, så dei bad at han heller skulle gje dei Barabbas fri. Då tok Pilatus til ords att og sa: «Kva skal eg då gjera med han som de kallar kongen over jødane?» «Krossfest han!» ropa dei imot. «Kva vondt har han då gjort?» spurde Pilatus. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!» Pilatus ville gjerne gjera folket til lags. Han gav dei Barabbas fri, men Jesus lét han piska og gav han så over til krossfesting. Soldatane førte no Jesus inn i borggarden og kalla saman heile vaktstyrken. Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans. Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du jødekonge!» Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. Og då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han purpurkappa og hadde på han hans eigne klede. Så førte dei Jesus ut og skulle krossfesta han. På vegen møtte dei ein mann som kom inn frå landet, Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus; honom tvinga dei til å bera krossen hans. Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata, det tyder Hovudskallen. Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. Så krossfeste dei han. Kleda hans skifte dei mellom seg og kasta lodd om kva kvar skulle ha. Det var ikring den tredje timen dei krossfeste han. Og innskrifta med klagemålet mot han lydde: «Kongen over jødane». Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna mellom brotsmenn. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: «No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Frels deg sjølv og stig ned av krossen!» På same måten gjorde overprestane og dei skriftlærde narr av han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa! Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg. Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen. Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.» Men Jesus ropa høgt og anda ut. Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned. Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!» Langt unna stod det nokre kvinner og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses. Dei hadde fylgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem. Det var helgaftan, dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. Josef frå Arimatea, ein høgvørd rådsherre, som venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam. Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om det var så. Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét han Josef få liket. Så kjøpte Josef eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og velte ein stein attfor gravopninga. Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd. Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann. Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?» Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor. Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde, men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter at han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, som han har sagt dykk.» Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon; for dei var redde. Då Jesus hadde stått opp att tidleg den fyrste dagen i veka, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut or. Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret. Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei, medan dei gjekk etter vegen og skulle ut på landet. Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller. Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp. Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske! Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd. Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.» Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med, og han stadfeste Ordet med dei teikn som fylgde med. Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss, slik vi har fått det overgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne og tenarar for Ordet. No har eg granska alt vel frå fyrst av, og eg har sett meg føre at eg vil skriva det opp for deg i samanheng, vørde Teofilus, så du kan sjå kor påliteleg det er, det du er opplært i. I den tida då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Sakarja; han høyrde til det prestelaget som hadde namn etter Abia. Kona hans heitte Elisabet og var av Arons-ætta. Begge levde etter Guds vilje. Dei fylgde alle Herrens bod og føresegner, og ingen hadde noko å seia på dei. Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt uti åra. Så var det ein dag Sakarja gjorde presteteneste for Gud, for turen var komen til hans lag. Då dei kasta lodd, som prestane til vanleg gjorde, fall det på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret. Heile folkemengda stod utanfor og bad medan offeret vart bore fram. Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret. Sakarja stokk ved dette synet, og det kom otte over han. Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.» Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg oppi åra.» Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds åsyn. Eg er send for å tala til deg og bera fram dette gledebodet. Men fordi du ikkje trudde orda mine, skal du missa målet og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.» Imedan stod folket og venta på Sakarja, og undra seg over at han drygde så lenge i templet. Men då han kom ut og ikkje kunne tala med dei, skjøna dei at han hadde hatt eit syn der inne. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart mållaus. Då tenestetida hans var ute, fór han heim att. Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg heime i fem månader. «Dette har Herren gjort for meg,» sa ho. «I desse dagar har han sett til meg og teke bort vanæra mi mellom folk.» Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?» Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. For ingen ting er umogeleg for Gud.» Då sa Maria: «Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så fór engelen bort att. Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til ein by i Juda. Der gjekk ho inn i huset åt Sakarja og helsa på Elisabet. Då Elisabet høyrde helsinga hennar Maria, rørte barnet seg i livet hennar. Ho vart fylt av Den Heilage Ande og sa med høg røyst: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er barnet du ber. Korleis kan det ha seg at mor åt Herren min kjem til meg? For då di helsing nådde øyra mitt, hoppa barnet i meg av fryd. Ja, sæl er ho som trudde at det skulle oppfyllast, det Herren hadde sagt til henne.» Då sa Maria: Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, ¬min frelsar. For han har sett ¬til si ringe tenestkvinne. Frå no av skal alle ætter ¬prisa meg sæl, for store ting har han gjort ¬mot meg, han, den mektige, ¬heilagt er hans namn. Hans miskunn varer ¬frå ætt til ætt for dei som har age for han. Storverk gjorde han ¬med sin sterke arm; han spreidde dei ¬som bar på hovmodstankar, og støytte stormenn ned ¬frå trona, men lyfte dei låge opp. Han metta dei svoltne ¬med gode gåver, men sende dei rike ¬tomhendte bort. Han tok seg av Israel, ¬tenaren sin, så han kom i hug sin lovnad til fedrane våre og synte miskunn ¬mot Abraham og hans ætt – til evig tid. Maria vart verande hjå Elisabet om lag tre månader; så fór ho heim att. Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son. Og då grannane og skyldfolket hennar fekk høyra kor stor miskunn Gud hadde synt henne, gledde dei seg med henne. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren, men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.» «Men det er då ingen i ætta di som har det namnet,» svara dei. Så gjorde dei teikn til faren kva han ville guten skulle kallast. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg, men i det same fekk Sakarja att mål og mæle, og han tok til å prisa Gud. Då kom det otte over alle dei som budde der ikring, og ordet om det som hadde hendt, breidde seg over alle fjellbygdene i Judea. Alle som høyrde det, grunda på det og sa: «Kva skal vel dette barnet verta til?» Og Herren leidde han med si hand. Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord: Lova vere Herren, Israels Gud, for han har gjesta sitt folk ¬og løyst det ut. Han har reist for oss ¬eit horn til frelse i sin tenar Davids ætt, så som han lova ¬i gamle dagar, då han tala gjennom ¬sine heilage profetar om å frelsa oss frå våre fiendar og frå alle dei som hatar oss. Han vil syna miskunn ¬mot fedrane våre og minnast si heilage pakt, den lovnaden han gav ¬vår far Abraham med eid, så vi, frelste frå fiendehand ¬og utan otte, kan tena han for hans åsyn med heilag hug og rettferd alle våre dagar. Og du, barn, skal kallast profet ¬for Den Høgste, for du skal gå fram føre Herren og rydja veg for han og læra folket hans ¬å kjenna frelsa, at syndene deira vert tilgjevne, for vår Gud er rik på miskunn. Så skal ljoset frå det høge gjesta oss som ei solrenning og skina for dei som bur i mørker og dødsskugge, og styra føtene våre ¬inn på freds veg. Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han steig fram for Israel. I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget. Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske ¬som Gud har hugnad i!» Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det. Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei. Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv. Då reinsingstida som Moselova føreskriv, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. For det står skrive i Herrens lov: Alt fyrstefødt av hankjønn skal helgast til Herren. Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar. I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han, og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva. No kom han opp til templet; det var Anden som dreiv han. Og då foreldra kom med Jesus-barnet for å gjera med det som skikk og bruk var etter lova, tok Simeon barnet i armane sine, lova Gud og sa: Herre, no lèt du tenaren din ¬fara herifrå i fred, etter ditt ord. For augo mine har sett di frelse, som du har skipa til ¬for alle folks åsyn, eit ljos til openberring ¬for heidningane og til ære for Israel, folket ditt. Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt. Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd.» Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år, og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem. Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. Og guten voks og vart sterk; han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart Jesus-barnet verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og fór ei dagsreis fram og leita etter han mellom skyldfolk og kjenningar. Som dei no ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Tre dagar etter fann dei han i templet. Der sat han midt imellom lærarane og lydde på dei og spurde dei. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor vitug han var og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sa: «Korleis kunne du gjera dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette. Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom, og var til hugnad for Gud og menneske. Det var i det femtande styringsåret åt keisar Tiberius. Pontius Pilatus var då landshovding i Judea, Herodes var fylkeskonge i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis, Lysanias i Abilene, og Annas og Kaifas var øvsteprestar. Då kom Guds ord til Johannes, son åt Sakarja, i øydemarka. Og han fór omkring i heile Jordan-landet, og forkynte at folket skulle venda om og la seg døypa, så dei kunne få tilgjeving for syndene sine, som det står skrive i boka med orda åt profeten Jesaja: Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette! Kvar dal skal fyllast, kvart fjell, kvar haug ¬skal jamnast. Dei krokete vegane ¬skal rettast ut, dei ujamne stigane verta slette. Og alle menneske ¬skal sjå Guds frelse. I flokk og fylgje drog folk ut til Johannes og ville at han skulle døypa dei. Men han sa: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den straffedomen som skal koma? Så ber då frukt som svarar til omvendinga! Kom ikkje og sei: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.» «Kva skal vi då gjera?» spurde folket. Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» Det kom òg nokre tollarar og ville verta døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» «Krev ikkje meir enn de har rett til,» svara han. «Kva så med oss,» spurde nokre soldatar, «kva skal vi gjera?» Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske klagemål, men ver nøgde med løna dykkar.» Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.» Dette og mykje anna la han folket på hjarta medan han bar fram bodskapen sin. Men då han refste fylkeskongen Herodes fordi han levde med Herodias, brorkona si, og gjorde mykje anna vondt, la Herodes ei ny misgjerning attåt alle dei andre: Han kasta Johannes i fengsel. Alt folket lét seg no døypa, og Jesus òg vart døypt. Då hende det medan han stod og bad, at himmelen opna seg, og Den Heilage Ande dala ned over han i dueskapnad. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i!» Jesus var ikring tretti år gamal då han tok til med si gjerning. Folk meinte at han var son til Josef, som var son til Eli, son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef, son til Mattatja, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai, son til Ma’at, son til Mattatja, son til Sjimi, son til Josek, son til Joda, son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sealtiel, son til Neri, son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er, son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi, son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim, son til Melea, son til Manna, son til Mattata, son til Natan, son til David, son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Salma, son til Naksjon, son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda, son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nakor, son til Serug, son til Re’u, son til Peleg, son til Eber, son til Sjelah, son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek, son til Metusjalah, son til Enok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan, son til Enosj, son til Set, son til Adam, Guds son. Fylt av Den Heilage Ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han ikring i øydemarka, der han vart freista av djevelen i førti dagar. I denne tida åt han ingenting, og då dei førti dagane var til ende, var han svolten. Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal verta til brød.» Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.» Då førte djevelen han høgt opp og synte han alle heimsens rike i ein augneblink og sa: «Eg vil gje deg makt over alt dette og la deg få all denne herlegdomen. For det er lagt i mi hand, og eg gjev det til kven eg vil. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.» Då svara Jesus: «Det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan ¬skal du tena.» Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod ¬om deg at dei skal verna deg. Og: Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.» Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren ¬din Gud på prøve.» Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid. Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring. Han lærte folket i synagogene, og alle tala vel om han. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: Herrens Ande er over meg, for han har salva meg ¬til å forkynna ein gledebodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom, og at blinde skal få sjå, for å løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår ¬frå Herren. Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei. Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.» Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg. Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea, og der lærte han folket på sabbaten. Dei var tekne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde. I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd. Han sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!» Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still, og far ut or han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt imellom dei og fór ut or han, men skadde han ikkje. Då kom det otte over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.» Og gjetordet om han fór over alle bygdene der ikring. Frå synagoga gjekk Jesus heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne. Han gjekk bort til henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei. Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei. Mange fór det vonde ånder ut or, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias. Då det vart morgon dagen etter, drog han ut or byen og fór til ein øydestad. Folket leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei. Men han sa: «Eg lyt bera fram den glade bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.» Og han heldt ved og tala ordet i synagogene i Jødeland. Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten. Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.» «Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.» Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!» Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han. Ein gong han var i ein av byane, kom det ein mann som var full av spedalsksykje. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil! Vert rein!» Og med det same var sjukdomen borte. Men Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Gå berre og vis deg for presten,» sa han, «og ber fram offer for reinsinga di, så som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» Men gjetordet om han fór berre så mykje vidare, og folk kom i flokk og fylgje og ville høyra på han og verta lækte for sjukdomane sine. Men sjølv drog han seg attende til aude stader og var der og bad. Ein dag heldt han på og lærte folket, og der sat det nokre farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja. Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus, men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides nokre taksteinar og firte han på båra ned beint framfor Jesus. Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.» Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein, som spottar Gud? Kven andre enn Gud kan tilgje synder?» Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta? Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå? Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vende han seg til den lame – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» Og med ein gong reiste mannen seg midt for augo deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud. Då vart dei heilt frå seg av undring alle saman og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting.» Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi; han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Fylg meg!» Då stod han opp, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus. Ei tid etter heldt Levi eit stort gjestebod for han heime hjå seg. Og ein heil flokk tollarar og andre sat til bords saman med dei. Farisearane og dei skriftlærde som var der, murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.» Så sa dei til han: «Læresveinane åt Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane åt farisearane, men dine læresveinar et og drikk.» Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei? Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei, og når den tida kjem, då skal dei fasta.» Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt kledeplagg og brukar det til bot på eit gamalt. For då vert det nye kledeplagget sundrive, og bota frå det nye høver ikkje på det gamle. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. Og ingen som har drukke gamal vin, har hug på ny. Han vil seia at den gamle er best.» Ein sabbat bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt. Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?» Jesus svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og mennene hans var svoltne? Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som fylgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.» Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.» Ein annan sabbat gjekk han inn i ei synagoge og lærte. Der var det ein mann som var lam i høgre handa. Dei skriftlærde og farisearane heldt auga med Jesus, om han ville lækja på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. Men han kjende tankane deira og sa til mannen med den lame handa: «Reis deg opp og kom fram!» Han reiste seg og gjekk fram. «No spør eg dykk,» sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?» Han såg rundt på dei alle og sa til mannen: «Rett ut handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att. Då vart dei så harme at dei var reint ifrå seg, og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus. I dei dagane hende det at han gjekk opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud. Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar. Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus, Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten, Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar. Så gjekk han ned att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyrus og Sidon. Dei var komne og ville høyra han og verta lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg gode att. Og alt folket prøvde å få ta i han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle. Då såg han opp, feste augo på læresveinane og sa: Sæle de fattige! Guds rike er dykkar. Sæle de som no svelt! De skal mettast. Sæle de som no græt! De skal le. Sæle er de når folk hatar dykk, når dei støyter dykk ut ¬og spottar dykk og skyr namnet dykkar ¬som noko vondt – for Menneskesonen skuld! Gled dykk då og hoppa av fryd, for stor er løna dykkar ¬i himmelen. Det same gjorde fedrane deira ¬med profetane. Men ve dykk rike, de har alt fått dykkar trøyst. Ve dykk som no er mette, de skal svelta. Ve dykk som no ler, de skal syrgja og gråta. Ve dykk når alle talar vel ¬om dykk. For det same ¬gjorde fedrane deira med dei falske profetane. Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk. Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller. Gjev kvar den som bed deg; og tek nokon frå deg det som ditt er, skal du ikkje krevja det att. Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Jamvel syndarane elskar når nokon elskar dei. Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg. Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att. Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born åt Den Høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde. Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam. Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving. Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk. Han fortalde dei òg ei likning: Kan ein blind leia ein blind? Kjem dei ikkje begge til å falla i grøfta? Ein læregut står ikkje over meisteren, men når han er utlært, vert han lik meisteren sin. Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? Og korleis kan du seia til bror din: «Bror, lat meg ta flisa ut or auga ditt,» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga. Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din. Det finst ikkje noko godt tre som ber ring frukt, heller ikkje noko ringt tre som ber god frukt. Treet kjenner ein på frukta. Ein plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjarta, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjarta er fullt av, det talar munnen. Kvifor kallar de meg: Herre, Herre! og gjer ikkje det eg seier? Eg skal syna dykk kven han er lik, kvar den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer etter dei: Han er lik ein mann som ville byggja eit hus, og grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, og straumen braut mot huset, kunne han ikkje rikka det, av di det var godt bygt. Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman. Då Jesus hadde halde denne talen til folket, gjekk han inn i Kapernaum. Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt. Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren. Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han; for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.» Og Jesus gjekk med dei. Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak; difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att! For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.» Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.» Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk. Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!» Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!» Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.» Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring. Alt dette fekk Johannes høyra om av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og mange blinde gav han synet. Og han svara: «Gå og fortel Johannes om det de har sett og høyrt: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg.» Då bodberarane frå Johannes var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann kledd i fine klede? Dei som er fint kledde og lever i overflod, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet. Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg. Eg seier dykk: Ingen av dei som er fødde av kvinner, er større enn Johannes. Men jamvel den minste i Guds rike er større enn han. Alt folket lydde på Johannes, tollarane med, og dei gav Gud rett og lét seg døypa av Johannes. Men farisearane og dei lovkunnige vraka Guds plan og lét seg ikkje døypa av han. Menneska i denne ætta, kva skal eg likna dei med? Kven er dei like? Dei er like born som sit på torget og ropar til kvarandre: Vi bles på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje gråta. For døyparen Johannes er komen, han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og de seier: «Han er forgjord.» Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: «Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle hans læresveinar.» Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords. No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven. Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.» Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister,» svara han. Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» «Den han ettergav mest, tenkjer eg,» svara Simon. «Du har rett,» sa Jesus. Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt. Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve. Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som lite får tilgjeve, elskar lite.» Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som jamvel tilgjev synder?» Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå med fred!» I den tida som no kom, fór Jesus ikring og forkynte i byar og landsbyar, og bar fram evangeliet om Guds rike. Dei tolv var med han, og like eins nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar. Det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju vonde ånder hadde fare ut or, Johanna, som var gift med Kusa, ein av embetsmennene hjå Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei åtte, hjelpte dei Jesus og dei tolv. Mykje folk strøymde no til frå byane rundt ikring. Då ei stor mengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning: «Ein mann gjekk ut og skulle så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen; det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det rann opp, av di det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kjøvde det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre foll.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyro å høyra med, han høyre!» Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna. Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og verta frelste. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei vert sette på prøve, fell dei frå. Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet vert dei kjøvde av suter og rikdom og nytingar, så dei ikkje ber fullmogen grøde. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta, så dei held ut og ber grøde. Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kar eller set det under ei seng; nei, han set det i ein stake, så dei som kjem inn, kan sjå ljoset. For ingenting er løynt utan at det skal fram, og ingenting er gøymt utan at det skal verta kjent og koma for dagen. Akta vel på korleis de høyrer! For den som har, han skal få. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han trur han har.» Mor hans og brørne hans kom og ville møta han, men dei slapp ikkje fram for folkemengda. Då sa ein til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil gjerne tala med deg.» Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.» Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til hi sida av sjøen,» sa han. Så la dei utpå, og medan dei siglde, sovna han. Då kom det ein kvervelvind kastande over sjøen, båten heldt på å gå full, og dei var i stor fare. Dei gjekk bort og vekte han og sa: «Meister, meister, vi går under!» Jesus reiste seg opp og truga vinden og bylgjene, så dei la seg, og det vart blikande stilt. Og han sa til dei: «Kvar er trua dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: «Kven er dette? Han byd, og både vind og sjø lyder han.» No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea. Då han gjekk i land, kom det imot han ein mann der frå byen; han var forgjord av vonde ånder. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han stogga ikkje i hus, men heldt til i gravholene. Då han fekk sjå Jesus, sette han i og ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, du Son åt Den Høgste Gud? Eg bed deg: Pin meg ikkje!» For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut or mannen. Ho hadde hatt makt over han lenge. Ofte hadde dei bunde han med lekkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda, og den vonde ånda jaga han ut i øydemarka. «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion,» svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han. Og dei bad Jesus at han ikkje måtte senda dei ned i avgrunnen. No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i dei. Det gav han dei lov til. Då fór dei vonde åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna. Men då gjætarane såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det i byen og i grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde. Men dei som hadde sett på, fortalde korleis den forgjorde vart frisk att. Då bad både gerasenarane og folket frå bygdene der ikring, at han måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og Jesus gjekk i båten og fór attende. Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han i veg og sa: «Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og fortalde kring i heile byen kva Jesus hadde gjort for han. Då Jesus kom att, stod det mykje folk og tok imot han, for alle hadde venta på han. Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus og var synagogeforstandar; han kasta seg ned for føtene åt Jesus og bad han vera med seg heim. For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gamal, låg for døden. Som no Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Alt ho åtte hadde ho lagt ut til lækjarar, men ingen hadde greitt å gjera henne frisk att. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans, og med ein gong stogga blodet. «Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Ingen ville vedgå det. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.» Men Jesus sa: «Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.» Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho hadde vorte frisk att med det same. Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!» Før han hadde tala ut, kom det ein frå heimen åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di har slokna. Bry ikkje meisteren lenger.» Jesus høyrde det og sa til faren: «Ver ikkje redd, berre tru, så skal ho verta berga.» Då han kom fram til huset, lét han ingen annan vera med inn enn Peter, Johannes og Jakob og far og mor åt barnet. Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje slokna; ho søv.» Dei berre lo åt han, for dei visste at ho var død. Men han tok henne i handa og ropa: «Barn, stå opp!» Då vende livet attende, og ho reiste seg opp med ein gong. Og han sa at dei skulle gje henne mat. Foreldra hennar var reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei å tala til nokon om det som hadde hendt. Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt og velde over alle vonde ånder og til å lækja sjukdomar. Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att. Han sa til dei: «Ta ikkje noko med dykk på vegen, korkje stav eller skreppe eller brød eller pengar; og ingen skal ha med to kjortlar. Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer lenger. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.» Så tok dei ut og fór ikring frå landsby til landsby og forkynte den glade bodskapen og lækte folk kvar dei kom. Fylkeskongen Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes hadde stått opp frå dei døde, andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att. Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga; kva er så dette for ein som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han. Apostlane kom attende og fortalde Jesus alt det dei hadde gjort. Då tok han dei med seg bortover mot ein by som heiter Betsaida; han ville vera åleine med dei. Men folk fekk vita det og fylgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som lækjedom trong. Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her ikring. Der kan dei finna hus og få seg eitkvart å eta. For her er vi på ein øydestad.» «Gjev de dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.» Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.» Det gjorde dei, og lét alle setja seg. Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle dela ut til folket. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger. Ein gong han var åleine og bad, og berre læresveinane var med han, spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?» «Døyparen Johannes,» svara dei, «men somme seier Elia, og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.» «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.» Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon. Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.» Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.» Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be. Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite. Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia. Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem. Peter og dei andre hadde falle i djup svevn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. Og medan han tala, kom det ei sky og skygde over dei, og dei vart redde då dei kom inn i skya. Og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Men då røysta hadde lydt, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Læresveinane tagde med dette, og dei tala den gongen ikkje til nokon om det dei hadde sett. Dagen etter, då dei gjekk ned frå fjellet, kom ein stor folkehop imot han. Best det var, ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, einaste son min! Rett som det er, grip ei ånd han. Ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han; ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.» Då sa Jesus: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og halda ut med dykk? Kom hit med son din!» Men før guten var komen fram til Jesus, kasta den vonde ånda han over ende og reiv og sleit i han. Då truga Jesus den ureine ånda og gjorde guten frisk, og gav han attende til faren. Og alle var fulle av undring over Guds velde. Medan alle undra seg over det han hadde gjort, sa han til læresveinane: «Legg merke til det eg no seier: Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske.» Men dette skjøna dei ikkje. Det var løynt for dei, så dei ikkje fekk tak i det. Og dei våga ikkje å spørja han om det han hadde sagt. Læresveinane tok til å tenkja på kven som var den største av dei. Men Jesus skjøna kva for tankar dei gjekk med. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.» Då greip Johannes ordet: «Meister, vi såg ein mann som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og vi prøvde å hindra han, sidan han ikkje er i lag med oss.» Men Jesus svara: «De skal ikkje hindra han. For den som ikkje er imot dykk, er med dykk.» Då det leid mot den tida at Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; dit ville han fara. Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby og ville tinga hus til han. Men der ville dei ikkje ta imot han, fordi han var på veg til Jerusalem. Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei, såleis som Elia gjorde?» Men han snudde seg og tala strengt til dei. «De veit ikkje kva ånd de er av,» sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å øyda menneskeliv, men for å frelsa.» Så gjekk dei til ein annan landsby. Medan dei fór etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil fylgja deg kvar du så går.» Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.» Til ein annan sa han: «Fylg meg!» Men mannen svara: «Lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.» Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.» Det var ein annan òg som sa: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få seia farvel til dei som heime er.» Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike.» Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. Og han sa til dei: Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar. Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk. Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: «Fred vere med denne heimen!» Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve. Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus! Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk! Læk dei sjuke som er der, og sei: «Guds rike er kome nær til dykk.» Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: «Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!» Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen. Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg. Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!» I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.» Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.» Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?» «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?» Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» Jesus tok opp spørsmålet og sa: Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom. Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han. Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.» Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane? «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.» Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok imot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.» Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig med bøna, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, så som Johannes lærte sine læresveinar.» Han svara: «Når de bed, skal de seia: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen. Gjev oss kvar dag ¬vårt daglege brød. Tilgjev oss våre synder, for vi òg tilgjev kvar den ¬som har synda mot oss. Og før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.» Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: Kjære, lån meg tre brød, for ein ven som er på ferd, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han. Trur de at han der inne då vil svara: Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko. Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det fordi det er venen hans, så står han då opp og lèt han få alt han treng fordi han er så pågåande. Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate. Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!» Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg. Men nokre av dei sa: «Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.» Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene. Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.» Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.» Men Jesus svara: «Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.» Som no folket flokka seg om han, tok han atter til ords: Denne ætta er ei vond ætt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet. For liksom Jona vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med mennene i denne ætta og føra klagemål mot dei. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo! Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona bar fram bodskapen sin. Og her er meir enn Jona! Ingen kveikjer eit ljos og set det i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set det i staken, så dei som kjem inn, kan sjå skinet frå det. Auga gjev lekamen ljos. Når auga ditt er friskt, er heile lekamen din ljos. Men er auga sjukt, er lekamen din òg mørk. Sjå då til at ljoset i deg ikkje er mørker! Er no heile lekamen din ljos, og ingen del av han mørk, då vert alt ljost, som når ei lysande lampe skin på deg. Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta hjå han. Og Jesus gjekk inn og sette seg til bords. Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje duppa hendene i vatn før måltidet. Men Herren sa til han: «Ja, de farisearar, de gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er de fulle av havesykje og vondskap. Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendes, har ikkje han skapt det som er innvendes òg? Gjev heller dei fattige det som inni er, og sjå, då vert alt reint for dykk. Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, kryddeplanter og alle slag grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Dette skulle gjerast, og det andre ikkje latast ugjort. Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogene og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget. Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og veit ikkje av det.» Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.» Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De legg tunge bører på folk, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger. Ve dykk! De byggjer gravmæle over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel. Så er de vitne som går god for det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravmæle. Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfylgja. Difor skal denne ætta få svara for alt profetblodet som har runne frå verda vart grunnlagd, frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som lét livet mellom altaret og templet. Ja, seier eg dykk, denne ætta skal svara for det. Ve dykk lovkunnige! De har teke kunnskapsnykelen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, hindra de.» Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane fælande harme og trengde seg inn på han med mange slag spørsmål. Dei lurte på han og prøvde å få han til å seia eitkvart som dei kunne klaga han for. Imedan hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg fyrst til læresveinane: Ta dykk i vare for surdeigen åt farisearane, hyklarskapen! Ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. Difor skal det de talar i mørkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut frå hustaka. Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel lekamen, men sidan ikkje kan gjera meir. Eg skal syna dykk kven de skal ottast: De skal ottast han som fyrst kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast! Sel dei ikkje fem sporvar for eit par øre? Og ikkje ein av dei er gløymd hjå Gud. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar. Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund. Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!» Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?» Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for all havesykje! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.» Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt, og han tenkte med seg: «Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!» Men Gud sa til han: «Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?» Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud. Difor seier eg dykk, sa han til læresveinane: Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda. Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har korkje matbu eller løe, men Gud føder dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane! Kven av dykk kan med all si sut leggja ei alen til si livslengd? Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor syter de då for alt det andre? Sjå på liljene! Dei spinn ikkje og vev ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! Ver ikkje ottefulle, og tenk ikkje berre på kva de skal eta og kva de skal drikka. For det er noko alle folk på jorda spør etter. Men Far dykkar veit at de treng dette. Søk heller hans rike, så skal de få dette attåt. Ottast ikkje, du vesle flokk! Det er Far dykkars vilje å gje dykk riket. Sel det de eig, og gjev pengane til dei fattige. Få dykk pungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til, og mòl ikkje øyder. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna! Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på. Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Sanneleg, det seier eg dykk: Han skal spenna beltet om livet og føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei. Anten han kjem i den andre nattevakta eller i den tredje: Sæle er dei når han finn det så. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset. Så ver budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det. Då spurde Peter: «Herre, seier du denne likninga berre til oss, eller er ho for alle?» Herren svara: Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. Men dersom tenaren seier med seg: «Herren min dryer nok endå ei stund,» og han så tek til å slå tenestgutane og jentene og eta og drikka og fylla seg, då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned og la han få same lagnad som dei vantruande. Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, han skal få mange slag. Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han vert det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast di meir. Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført! Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg dykk, ikkje fred, men strid. Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: Tre mot to og to mot tre; far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, vermor mot sonekone og sonekone mot vermor. Til folket òg sa han: Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: «No kjem det regn,» og det går så. Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: «No vert det varmt,» og det går så. Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda; kvifor kan de då ikkje tyda denne tida? Og kvifor dømer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett? Når du går til domstolen med motparten din, gjer deg då umak så de kan verta samde medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for domaren, og domaren sender deg til vaktaren, og vaktaren set deg i fengsel. Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre. På den tid kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra. Då tok Jesus til ords: Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei? Nei, seier eg dykk, men vender de ikkje om, skal de omkomast på same måten alle i hop. Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet datt ned, trur de at dei var verre brotsmenn enn alle dei andre som bur i Jerusalem? Nei, seier eg dykk. Men vender de ikkje om, skal de alle døy på same vis. Så fortalde han denne likninga: Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. Då sa han til gartnaren: «No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og suga ut jorda?» «Herre, lat det få stå i år òg,» svara gartnaren, «så skal eg grava kring det og gjødsla det; kan henda det ber neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.» Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene. Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp. Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.» Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. Men synagogeforstandaren vart arg fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar i veka til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» «Hyklarar,» svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten, og leier dei ut så dei får drikka? Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i samfulle atten år, skulle ikkje ho kunna løysast or det bandet på ein sabbat?» Då han sa dette, laut dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men heile lyden gledde seg over alt det underfulle han gjorde. Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg likna det med? Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.» Og han heldt fram: «Kva skal eg likna Guds rike med? Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.» Medan han var på veg til Jerusalem, fór han ikring frå by til by og frå landsby til landsby og lærte folket. Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som vert frelste?» Han sa til dei: Strid alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husbonden fyrst har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: «Herre, lat opp for oss!» då skal han svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.» Då kjem de til å seia: «Vi har ete og drukke i lag med deg, og du lærte på gatene våre.» Men han skal svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!» Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor. Og det skal koma folk frå aust og frå vest, frå nord og frå sør og sitja til bords i Guds rike. Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste. I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.» Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet. Men i dag og i morgon og endå ein dag lyt eg vera på vegen, for ein profet kan ikkje lata livet nokon annan stad enn i Jerusalem. Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn.» Ein gong var Jesus gjest hjå ein av rådsherrane, som var farisear. Det var sabbat, og dei heldt auga med han. Best det var, stod det framfor han ein mann som hadde vass-sott. Då spurde Jesus dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?» Dei tagde. Då tok han på mannen, gjorde han frisk og lét han gå. Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brunnen, dreg han dei ikkje straks opp, endå om det er sabbat?» Dei kunne ikkje svara på dette. Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, fortalde han dei ei likning: Når du vert beden i gjestebod, så set deg ikkje øvst ved bordet. For det kunne henda at ein som er gjævare enn du, var beden, og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: «Gjev rom for denne gjesten!» Då må du setja deg nedst og skjemmast. Nei, når du er beden ein stad, så gå og set deg nedst ved bordet. Så kan verten koma og seia til deg: «Flytt deg høgare opp, venen min.» Då får du ære medan alle gjestene ser på. For den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. Han sa òg eit ord til den som hadde bede han: «Når du vil halda eit middags- eller kveldslag, så bed ikkje vener og brør og skyldfolk og rike grannar. For dei kjem til å be deg att, så du får vederlag. Nei, når du vil halda gjestebod, så bed fattige, vanføre, lame og blinde. Då vert du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje att. Men du skal få vederlag når dei rettferdige står opp.» Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike!» Jesus sa: Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange. Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: «Kom, no er alt ferdig!» Men dei tok til å be seg unna, alle som ein. Den eine sa: «Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du lyt gjera vel og orsaka meg.» Ein annan sa: «Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera vel og orsaka meg.» Endå ein annan sa: «Eg har fått meg ei kone, difor kan eg ikkje koma.» Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til han: «Gå straks ut på gater og vegar i byen, og hent inn fattige og vanføre, blinde og lame.» Snart kunne tenaren melda: «Herre, det er gjort som du sa, men det er enno rom.» Då sa herren til tenaren: «Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt vert fullt. For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få vera med i mitt gjestebod.» Mykje folk fylgde med han, og han snudde seg og sa til dei: Om nokon kjem til meg, må han setja det høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, sitt eige liv, elles kan han ikkje vera min læresvein. Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein. Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då fyrst ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det? For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han og seia: «Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men greidde ikkje å fullføra det.» Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då fyrst ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen? Og er han ikkje det, sender han menn av stad og tingar om fred medan fienden enno er langt borte. Såleis kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt det han eig. Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Den som har øyro å høyra med, han høyre! Tollarane og syndarane heldt seg nær til Jesus og høyrde på han. Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» Då fortalde han dei denne likninga: Om ein av dykk har hundre sauer og misser éin, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i marka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, vert han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og grannar og seier til dei: «Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.» Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og misser éin, kveikjer ho ikkje då ljos og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? Og når ho har funne han, kallar ho saman vener og grannekoner og seier: «Gled dykk med meg! Eg har funne pengen eg hadde mist.» På same måten, seier eg dykk, vert det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om. Så sa Jesus: Det var ein gong ein mann som hadde to søner. Den yngste sa til far sin: «Far, lat meg få den delen av buet som fell på meg.» Så skifte han eigedomen sin mellom dei. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt sitt og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og øydde opp alt det han åtte. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. Så gjekk han til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine; der skulle han gjæta svin. Han ynskte berre å få metta seg med dei skolmane som grisane åt, for ingen gav han noko. Då gjekk han i seg sjølv og sa: «Kor mange leigekarar heime hjå far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.» Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Då sa sonen: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.» Men faren sa til tenarane: «Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Og så tok gleda til. Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans. Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda. «Bror din er komen,» svara han, «og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.» Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. Men han svara: «No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!» Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt. Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.» Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte. Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.» Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga. Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.» Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?» «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.» Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren. Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born. Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort. Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen? Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga? Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus. Då sa han til dei: De vil ha folk til å tru at de er rettferdige, men Gud kjenner hjarto dykkar. Det som er stort mellom menneske, er ein styggedom for Gud. Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt. Før skal himmel og jord forgå før ein einaste prikk i lova fell bort. Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet. Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans. Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.» Han sa til læresveinane: «Det lyt koma forføringar; anna er ikkje råd. Men ve den som dei kjem ifrå! Det var betre for han at det låg ein kvernstein om halsen på han, og han var kasta i havet, enn at han skulle forføra ein av desse små. Ta dykk i vare! Syndar bror din, så tal han til rettes, og angrar han, så tilgjev han. Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: Eg angrar, så tilgjev han.» Apostlane sa til Herren: «Gjev oss meir tru!» Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: Rykk deg opp og slå rot i havet! Og det skulle lyda dykk. Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjæter, seier han då til han når han kjem heim frå marka: Kom no og set deg til bords? Nei, han vil seia: Lag til kveldsmat åt meg, gjer deg så i stand og set fram for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat. Takkar han tenaren for at han gjorde det han var føresagd? Eg trur ikkje det. Såleis med dykk òg. Når de har gjort alt det de var føresagde, skal de seia: Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår.» Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?» Og han sa til mannen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.» Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. Ingen kan seia: «Sjå her er det,» eller: «Der er det.» For Guds rike er midt imellom dykk. Til læresveinane sa han: Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. Folk skal seia til dykk: «Sjå der,» eller «Sjå her er han.» Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag. Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta. Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg. Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att. Kom i hug kona åt Lot! Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det. Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att. To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att. To menn skal vera ute på marka; den eine skal hentast, og hin setjast att. Då tok læresveinane til ords og spurde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der åtselet er, vil gribbane samlast.» Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp: I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske. I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: «Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.» Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske, vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.» Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege domaren seier! Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? Eg seier dykk: Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?» Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga: To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stelte seg opp og bad såleis: «Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.» Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: «Gud, ver meg syndaren nådig!» Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Då læresveinane såg det, ville dei visa dei bort. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Ein av rådsherrane kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera, så eg kan få evig liv?» Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Berre éin er god – det er Gud. Boda kjenner du: Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal æra far din og mor di.» Han svara: «Alt dette har eg halde frå eg var ung.» Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt vantar deg: Sel alt det du eig, og del det ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!» Mannen vart sturen då han høyrde det, for han var svært rik. Då Jesus såg det, sa han: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike! Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» «Kven kan då verta frelst?» sa dei som høyrde på. Han svara: «Det som er umogeleg for menneske, er mogeleg for Gud.» Då sa Peter: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt vårt og fylgt deg?» Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld utan at han skal få det att mangdobbelt her i tida, og i den verda som kjem, eit evig liv.» Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane og spottast og mishandlast og spyttast på, og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.» Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje kva han meinte. Då Jesus kom bort imot Jeriko, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. Mannen høyrde at det gjekk mykje folk frametter, og spurde kva det var. Dei svara at Jesus frå Nasaret fór framom. Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» Dei som gjekk føre, skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» Jesus stogga og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom innåt, spurde Jesus han: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet!» svara han. Jesus sa til han: «No skal du få synet! Trua di har frelst deg.» Straks kunne han sjå, og han gav seg i lag med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud. Så kom Jesus til Jeriko og fór gjennom byen. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten på vokster. Då sprang han i førevegen og kleiv opp i eit morbærtre, så han kunne få sjå han, for der laut han koma framom. Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus.» Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. Alle som såg det, murra og sa: «Han tek inn hjå ein syndig mann.» Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, helvta av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg firdobbelt att.» Då sa Jesus: «I dag er frelse komen til dette huset. For han òg er ein Abrahams son, og Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.» Medan dei høyrde på dette, fortalde Jesus endå ei likning; for han var nær Jerusalem, og mange meinte at Guds rike snart skulle koma til syne. Han sa: Det var ein gong ein høgætta mann som ville fara til eit land langt borte; der skulle han verta innsett til konge og så koma heim att. Han kalla til seg ti av tenarane sine og gav kvar av dei eitt pund og sa til dei: «Driv handel med desse pengane til eg kjem att.» Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: «Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.» Då han no kom att og hadde vorte konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent. Den fyrste kom fram og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.» «Det var rett, du gode tenar,» sa kongen. «Fordi du har vore tru i lite, skal du få styra ti byar.» Den andre kom og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.» Til han sa kongen: «Du skal få styra fem byar.» Men så kom det ein og sa: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i ein klut. Eg var redd deg, for du er ein streng mann, som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sått.» Då sa kongen: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sått. Kvifor gav du ikkje pengane til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?» Så sa han til dei som stod der: «Ta pundet frå han og gjev det til han som har dei ti!» «Herre, han har då ti pund,» sa dei. «Ja, men eg seier dykk: Den som har, han skal få, og den som ikkje har, han skal missa jamvel det han har. Men desse fiendane mine, som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, dei skal de føra hit og hogga ned for augo mine.» Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på ferda opp mot Jerusalem. Som han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og leia hit! Og er det nokon som spør: Kvifor løyser de folen? då skal de svara: Herren har bruk for han.» Dei to gjekk av stad, og fann det så som han hadde sagt. Då dei løyste folen, spurde dei som åtte han: «Kvifor løyser de folen?» Dei svara: «Herren har bruk for han.» Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå. Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen. Då han kom bort imot den staden der det ber ned frå Oljeberget, tok heile læresveinflokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa: «Velsigna i Herrens namn vere kongen, han som kjem! Fred i himmelen og ære i det høgste!» Nokre farisearar som var med i folkemengda, sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rettes!» Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.» Då Jesus kom nærare og såg byen, gret han over han og sa: «Hadde du berre visst, du òg, på denne dagen kva som tener til din fred! Men no er det dult for augo dine. Det skal koma dagar då fiendane dine kastar opp ein voll rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar. Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna di gjestings tid.» Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som dreiv handel der. Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.» Sidan var han kvar dag i templet og lærte. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket hadde hug til å rydja han or vegen. Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle bera seg åt, for alt folket heldt seg nær til han og høyrde på han. Ein dag då han lærte folket på tempelplassen og forkynte evangeliet, kom overprestane og dei skriftlærde saman med dei eldste og sa til han: «Sei oss: Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til det?» Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Sei meg: Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje? Men svarar vi: Frå menneske, kjem folket til å steina oss, for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.» Difor svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå. Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.» Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga: «Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid. Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort. Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår. Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel. Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane? Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive: Den steinen bygningsmennene ¬vraka, har vorte hjørnestein? Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.» Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket. Sidan gjætte dei på han og sende ut folk som skulle lura på han. Dei skulle lata som dei var fromme menn og prøva å fanga han i ord, så dei kunne få gje han over til styremaktene og landshovdingen. Dei spurde han: «Meister, vi veit at du talar og lærer rett. Du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg. Sei oss: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» Men han merka baktankane deira og sa til dei: «Vis meg ein denar! Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.» Dei greidde ikkje å fella han på noko han sa medan folket høyrde på; dei berre undra seg over svaret og tagde. Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: «Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein gift mann døyr, og han ikkje har born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin. No var det sju brør. Den eldste tok seg ei kone, men døydde barnlaus. Så gifte den andre seg med henne, og så den tredje, og sameleis alle sju; men alle døydde dei barnlause. Til sist døydde kona òg. Når dei så står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har dei vore gifte med henne.» Jesus sa til dei: «I denne verda gifter dei seg og vert bortgifte. Men dei som vert haldne verdige til å vera med i den komande verda, og til å stå opp frå dei døde, dei korkje gifter seg eller vert bortgifte. Dei kan ikkje døy meir; dei er som englane, og fordi dei har fått del i oppstoda, er dei Guds born. Men at dei døde står opp, det har Moses òg synt i forteljinga om klungeren, når han kallar Herren for Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. Dei lever alle for han.» Då sa nokre av dei skriftlærde: «Meister, du svara rett.» Og ingen våga å spørja han meir. Jesus spurde dei: «Korleis kan ein seia at Messias er Davids son? David seier då sjølv i Salmane: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter. Her kallar David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?» Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane: « Akta dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget. Dei elskar å sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod. Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.» Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. Då la han merke til ei fattig enkje som la to småmyntar. Og han sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre. For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt ho hadde å leva av.» Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus: «Det kjem ein dag då det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.» Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?» Han svara: Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei! Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skræma! For fyrst må dette henda; men enden kjem ikkje straks. Og han heldt fram: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike; det skal koma store jordskjelv, og mange stader hungersnaud og pest, og det skal henda fælslege ting og syna seg store teikn frå himmelen. Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. Då skal de få vitna for dei. Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk. Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot. Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa. Held de ut, skal de nå fram til livet. Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart ligg øyde. Då må dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. For straffedomstida er komen, då alt som står skrive, skal oppfyllast. Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket. Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute. Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær. Så fortalde han dei ei likning: Sjå på fikentreet og alle andre tre. Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda. Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen. Om dagen var Jesus i templet og lærte folket, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han i templet og høyrde på han. No leid det til usyrdebrødshelga, som dei òg kallar påske. Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å rydja Jesus or vegen, for dei var redde folket. Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og var ein av dei tolv. Han gjekk av stad og tala med overprestane og hovdingane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus i deira hand. Dei vart glade og lova å gje han pengar. Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus ein gong han ikkje hadde folket ikring seg. Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast. Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.» «Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei. Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i, og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine? Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.» Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet. Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk. Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg. Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!» Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette. No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. Då sa Jesus til dei: «Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk. De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg: De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene. Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.» «Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.» Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.» Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei. «Men no,» sa han, «må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.» Då sa dei: «Herre, sjå her er to sverd.» «Det er nok!» svara han. Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han. Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!» Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad: «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han. Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda. Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg. «Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!» Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han kom bort til Jesus og ville kyssa han. Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss?» Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi slå til med sverd?» Og ein av dei hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Men Jesus sa: «Lat vera med det!» Og han tok bort på øyra åt tenaren og lækte han. Så sa han til overprestane og hovdingane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar. Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår.» Då tok dei han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter fylgde etter eit langt stykke unna. Midt inne på gardsplassen hadde dei gjort opp ein eld, og Peter slo seg ned mellom dei som sat der. Medan han sat der i ljoset, fekk ei tenestjente sjå han; ho stirte på han og sa: «Han der var òg med han.» Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!» Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg ikkje,» svara Peter. Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Jau visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.» Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, mann!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen. Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt. Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han. Dei batt for augo hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?» Og dei håna han på mange andre måtar òg. Då det vart dag, kom eldsterådet åt folket saman til møte med overprestane og dei skriftlærde. Jesus vart ført fram for dei, og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier dykk det, trur de meg ikkje, og om eg spør, svarar de ikkje. Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handa åt den mektige Gud.» Då spurde dei alle: «Så er du då Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.» Då sa dei: «Kva skal vi no med vitnemål? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.» Då reiste dei seg, alle saman, og førte han til Pilatus. Der tok dei til å føra klagemål mot han. Dei sa: «Vi har funne ut at denne mannen fører folket vårt på avveg: Han forbyd å gje keisaren skatt, og seier at han er Messias, ein konge.» Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus. Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen.» Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si; han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.» Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea, og då han fekk vita at han høyrde under Herodes, sende han Jesus til han; for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane. Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge hatt hug å møta han. No gjorde han seg von om å få sjå Jesus gjera eit teikn. Han spurde han om mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord. Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke klagemål mot han. Og Herodes vanvørde han og gjorde narr av han saman med soldatane sine. Så la han ei staseleg kappe om han og sende han attende til Pilatus. Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei. Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han eggjar opp folket. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, og eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for. Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han attende til oss. Han har såleis ikkje gjort noko som han skulle lata livet for. Difor vil eg la han piska, og så setja han fri.» Men han laut gje dei ein fange fri til høgtida. Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!» Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord. Atter tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri. Men dei ropa imot han: «Krossfest! Krossfest han!» Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han då gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg lèt han piska, og så gjev eg han fri.» Men dei gjekk hardt inn på han. Med høge rop kravde dei at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket. Pilatus dømde då at det skulle vera som dei kravde. Han sleppte fri den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men Jesus gav han over til dei, så dei kunne gjera med han som dei ville. Så førte dei han bort. På vegen tok dei fatt på ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne; og dei la krossen på han for at han skulle bera han etter Jesus. Ein stor folkehop fylgde med; mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar. For det kjem dagar då folk skal seia: Lukkelege er dei barnlause, dei kvinner som ikkje føder og ikkje gjev bryst! Då skal dei seia til fjella: Fall over oss! og til haugane: Gøym oss! For fer dei slik åt med det grøne treet, korleis skal det då gå med det turre?» To andre, to brotsmenn, vart òg førte bort saman med Jesus og skulle lata livet. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og brotsmennene, den eine på høgre sida hans, og den andre på venstre. Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst,» sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde.» Soldatane òg gjorde narr av han; dei gav han eddikvin og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!» For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.» Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» Men den andre tala han til rettes og sa: «Har du ikkje age for Gud, endå du er under same domen? For oss er han rettferdig; vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» «Jesus,» sa han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!» Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis.» Det var alt kring den sjette timen. Då vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen; for sola hadde svartna. Førehenget i templet rivna midt i to, og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, anda han ut. Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!» Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå. Men alle venene og kjenningane hans stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde fylgt han frå Galilea. Det var ein rådsherre som heitte Josef; han var ein god og rettvis mann og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og var ein av dei som venta på at Guds rike skulle koma. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam. Og han tok han ned, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i. Det var helgaftan, nett før sabbaten tok til. Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, fylgde etter; dei såg grava og at lekamen hans vart lagd der. Sidan gjekk dei heim og laga til angande olje og salve. På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde. Fyrste dagen i veka, tidleg i otta, kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde laga til. Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå grava; dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men brått stod det to menn hjå dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er oppstaden. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: Menneskesonen skal gjevast i hendene på syndige menneske og krossfestast, og tredje dagen skal han stå opp att.» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. Men dei tenkte det var laust snakk og trudde dei ikkje. Peter stod likevel opp og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han attende til huset der han budde, og han undra seg over det som hadde hendt. Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem, og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att. «Kva er det de går og talar om med einannan?» spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han, og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.» «Kva då?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han. Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende. Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava, men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje.» Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane. Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?» Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.» Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet. Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» Så synte han dei hendene og føtene sine. Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?» Dei gav han eit stykke steikt fisk, og han tok det og åt medan dei såg på. Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var i lag med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som er skrive om meg i Moselova, hjå profetane og i Salmane.» Så opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene, og sa til dei: «Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem. De er vitne om dette. Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.» Så tok han dei med seg ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei attende til Jerusalem i stor glede. Sidan var dei allstøtt i templet og lova og prisa Gud. I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.» Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er. Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte. Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.» Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!» Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus. Jesus snudde seg, og då han såg at dei fylgde etter, sa han: «Kva vil de?» Dei spurde: «Kvar bur du, rabbi?» Rabbi tyder lærar. «Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde; og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring den tiande timen. Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og fylgt etter Jesus. Han finn fyrst bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har funne Messias.» Messias er det same som Den Salvevigde. Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas.» Kefas er det same som Peter. Dagen etter ville Jesus fara til Galilea. Då møtte han Filip og sa til han: «Fylg meg!» Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå. Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har funne han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. Jesus såg Natanael koma bort imot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som det ikkje finst svik i.» «Kvar kjenner du meg ifrå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga opp og stiga ned over Menneskesonen.» Tredje dagen stod det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der, og Jesus og læresveinane hans var òg bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva har du med mitt å gjera, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Mor hans sa då til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det nokre vasskar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Dei så gjorde. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no.» Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han. Sidan fór han ned til Kapernaum saman med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar. Det leid no til påskehelga åt jødane, og Jesus fór opp til Jerusalem. På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!» Då kom læresveinane hans i hug at det står skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg opp. Då tok jødane til ords og spurde han: «Kan du syna oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» Men det templet han tala om, var lekamen hans. Då han hadde stått opp frå dei døde, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt. Medan han var i Jerusalem i påskehelga, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde. Men Jesus trudde seg ikkje til dei, for han kjende dei alle. Han trong ikkje til vitnemål frå andre om noko menneske, for han visste sjølv kva som budde i mennesket. Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.» Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. Han skal veksa, eg skal minka. Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.» Farisearane fekk vita at Jesus vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes. I røynda var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. Då Jesus fekk høyra dette om farisearane, tok han ut frå Judea og fór til Galilea att. Han laut fara gjennom Samaria, og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket Jakob gav Josef, son sin. Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen. Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!» For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.» Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.» I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han tala med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han tala med henne. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?» Då gjekk dei ut or byen og kom til han. I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!» Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk. Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.» Mange av samaritanane frå den byen trudde på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» Då no samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hjå seg, og han vart verande der to dagar. Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord, og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.» Då dei to dagane var lidne, tok Jesus ut derifrå og fór til Galilea. Han hadde sjølv sagt at ein profet ikkje vert æra på sin eigen heimstad. Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem på høgtida. Dei hadde vore på høgtida, dei òg. Så kom Jesus atter til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og han hadde ein son som var sjuk. Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han av stad og bad han koma ned og lækja son hans, for det stod om livet. Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.» Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!» Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde Jesu ord og gjekk. Medan han var på heimvegen, kom tenarane imot han, og dei fortalde at guten hans levde. Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.» Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei trudde, både han og heile huslyden hans. Dette var andre teiknet Jesus gjorde då han kom frå Judea til Galilea. Ei tid etter var det ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem. Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam, som dei på hebraisk kallar Betesda. Kring dammen er det fem bogegangar. Der låg det ei mengd sjuke: blinde, lame og vanføre. Dei venta på at vatnet skulle rørast opp. For ein Herrens engel fór frå tid til tid ned i dammen og rørte opp vatnet. Den fyrste som då steig nedi etter at vatnet var opprørt, vart frisk, kva sjukdom han så leid av. No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. Då Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, sa han til han: «Vil du verta frisk?» «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet vert opprørt; og medan eg er på vegen, stig ein annan uti føre meg.» Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!» Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk. Det var ein sabbat dette hende; difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!» «Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der. Seinare råka Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» Mannen gjekk, og han fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk. Jødane tok til å forfylgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag, og eg arbeider òg.» Etter dette var jødane endå meir huga på å drepa han, ikkje berre fordi han braut sabbaten, men òg fordi han kalla Gud far sin og gjorde seg sjølv lik Gud. Då tok Jesus til ords og sa til dei: Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins. For Faderen elskar Sonen og syner han alt det han sjølv gjer. Og han skal syna han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. For liksom Faderen reiser opp dei døde og gjer dei levande, såleis gjer Sonen òg levande dei han vil. Og Faderen dømer ikkje nokon, men han har gjeve all dom over til Sonen, så alle skal æra Sonen liksom dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Faderen som har sendt han. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har evig liv og kjem ikkje for domen, men har gått over frå døden til livet. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei døde skal høyra Guds Sons røyst, og dei som høyrer, skal leva. For liksom Faderen har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv; og han har gjeve han fullmakt til å halda dom av di han er Menneskesonen. De må ikkje undrast på dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. Og dei skal koma fram; dei som har gjort godt, skal stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, skal stå opp til dom. Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømer etter det eg høyrer, og domen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg. Dersom eg vitnar om meg sjølv, gjeld ikkje vitnemålet mitt. Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev meg, er sant. De sende bod til Johannes, og han vitna for sanninga. Eg tek ikkje imot vitnemål av menneske; men eg seier dette så de skal verta frelste. Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han. Men eg har eit vitnemål som er sterkare enn det Johannes gav: dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføra. Dei gjerningane eg gjer, vitnar om at Faderen har sendt meg. Ja, Faderen som sende meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, og hans skapnad har de aldri sett, og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje. De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg! Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv. Eg tek ikkje imot ære av menneske; men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk. Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot. Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud? Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Faderen. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar von til. For hadde de trutt Moses, hadde de trutt meg òg, for det er om meg han har skrive. Men når de ikkje trur hans skrifter, korleis kan de då tru mine ord? Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen. Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke. Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine. Det leid mot påske, høgtida åt jødane. Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?» Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera. Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.» Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen. Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete. Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!» Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine. Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen. Dei gjekk ut i ein båt og ville fara over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei. Sjøen gjekk høg, for det bles hardt. Då dei hadde rott tjuefem eller tretti stadier, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!» Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til. Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine. No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet. Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.» Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.» Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.» Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?» Jesus svara: «Hald opp med denne murringa! Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. Eg er livsens brød. Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.» No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?» Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum. Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: «Støyter de dykk på dette? Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.» Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje ikring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» Då sa Jesus: «Har eg ikkje valt dykk ut alle tolv? Og ein av dykk er ein djevel.» Han tenkte på Judas, son til Simon Iskariot. For han skulle svika Jesus, han, ein av dei tolv. Sidan fór Jesus ikring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea fordi jødane stod han etter livet. Så leid det fram til lauvhyttefesten, ei av høgtidene åt jødane. Då sa brørne hans til han: «Far herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningar du gjer. For ingen som vil verta kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!» For brørne hans trudde ikkje på han, dei heller. Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid lagleg tid. Verda kan ikkje hata dykk; men meg hatar ho, fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde. Far de opp til høgtida; eg fer ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.» Dette sa han til dei og vart verande i Galilea. Men då brørne hans var farne opp til høgtida, fór han òg dit, ikkje berrsynt, men meir i løynd. Jødane leita etter han på høgtida og spurde: «Kvar er han?» Og det vart kviskra mykje om han mellom folket. Somme sa: «Det er ein god mann.» Andre sa: «Nei, han fører folket vilt.» Ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane. Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og lærte. Jødane undra seg og sa: «Kvar har han lærdomen sin frå, han som ikkje har fått noka opplæring?» Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv. Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære; men den som søkjer ære for han som har sendt han, talar sant, og det finst ikkje urett i han. Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?» «Du er forgjord,» svara folket, «kven er det som vil drepa deg?» Jesus svara: «Éi gjerning har eg gjort, som de alle undrar dykk over. Moses har gjeve dykk omskjeringa – ja, ho er ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer jamvel på ein sabbat. Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat, så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då harme på meg fordi eg har gjort heile mannen frisk på ein sabbat? Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!» Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa? Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias? Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.» Då ropa Jesus ut medan han lærte på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv; og han som har sendt meg, er truverdig. Han kjenner de ikkje. Men eg kjenner han; for eg kjem frå han, og han har sendt meg.» Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje tida hans komen. I folket var det mange som trudde på han, og dei sa: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen har gjort?» Farisearane høyrde at folket gjekk og kviskra slik om han, og overprestane og farisearane sende ut nokre menn som skulle gripa han. Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hjå dykk, så fer eg til han som har sendt meg. De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.» Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og preika for grekarar? Kva meiner han med det han sa: De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma?» Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord. Somme i folkehopen sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.» Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea? Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?» Såleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld. Somme ville gripa han, men ingen la hand på han. Då vaktene kom attende, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?» Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.» «Har de òg late dykk føra vilt?» sa farisearane. «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller av farisearane? Men denne hopen som ikkje kjenner lova – han er forbanna!» Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus: «Lova vår dømer vel ikkje ein mann før dei har forhøyrt han og fått vita kva han har gjort?» «Er du òg frå Galilea, kan henda?» svara dei. «Gransk etter, så skal du få sjå at ingen profet kjem frå Galilea.» Så gjekk dei heim, kvar til seg, og Jesus gjekk ut til Oljeberget. Tidleg om morgonen dagen etter kom han til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram og sa: «Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?» Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.» Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!» Atter tala Jesus til folket og sa: «Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos.» Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitnemålet ditt gjeld ikkje.» Jesus svara: «Vitnar eg i eiga sak, er vitnemålet mitt sant likevel, for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av. De dømer på menneskevis; eg dømer ingen. Men om eg dømer, så gjeld domen min. For eg er ikkje åleine; han som sende meg, er med. Og i dykkar eiga lov står det skrive at to manns vitnemål er sætande. Eg vitnar om meg sjølv, og Faderen som har sendt meg, vitnar òg om meg.» «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» Dette sa Jesus attmed tempelkista medan han lærte i heilagdomen. Men ingen la hand på han; for tida hans var endå ikkje komen. Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.» Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?» Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at «eg er Han», skal de døy i syndene dykkar.» «Kven er du?» spurde dei. «Kvifor talar eg i det heile med dykk?» sa Jesus. «Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.» Dei skjøna ikkje at det var om Faderen han tala til dei. Difor sa Jesus: «Når de får lyft Menneskesonen opp, då skal de skjøna at «eg er Han», og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar så som Faderen har lært meg. Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine; for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» Då han sa dette, var det mange som trudde på han. Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.» Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier at du er ein samaritan og er forgjord?» «Eg er ikkje forgjord,» sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømer. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» Jødane svara: «No veit vi at du er forgjord. Abraham døydde, og profetane like eins. Og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Sa eg at eg ikkje kjenner han, var eg ein lygnar, liksom de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå han og fryda seg.» «Du er enno ikkje femti år,» sa jødane, «og så har du sett Abraham?» Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Før Abraham var, er eg.» Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen. Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» Jesus svara: «Korkje han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.» Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga ei gjørme og smurde på augo til mannen. Så sa han til han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen.» Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. Grannane og dei som før hadde sett at han tigga, sa då: «Er ikkje dette han som sat og bad seg?» «Jau, det er han,» sa somme. Andre sa: «Nei, men han er lik han.» Sjølv sa han: «Det er eg.» «Korleis vart augo dine opna?» spurde dei. Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga ei gjørme og smurde på augo mine og sa: Gå til Siloa og vask deg! Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.» «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» svara han. Så førte dei han som hadde vore blind, til farisearane. Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga gjørma og opna augo hans. Farisearane òg spurde korleis han hadde fått synet. «Han la ei gjørme på augo mine,» svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.» Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan ein syndig mann gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette. Så spurde dei den blinde på nytt: «Kva meiner du om han, sidan det var dine augo han opna?» «Han er ein profet,» svara mannen. Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og fått synet, før dei hadde henta foreldra hans. Dei sende bod etter dei og spurde: «Er dette dykkar son, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?» Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind. Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje; og heller ikkje veit vi kven som har opna augo hans. Spør han sjølv! Han er gamal nok til å svara for seg.» Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte samde om at den som sanna at Jesus var Messias, skulle støytast ut or synagoga. Difor sa foreldra hans: «Han er gamal nok, spør han sjølv!» Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: «Gjev Gud ære og tilstå! Vi veit at denne mannen er ein syndar.» Han svara: «Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men eitt veit eg: Eg var blind, og no ser eg.» «Kva gjorde han med deg?» spurde dei. «Korleis opna han augo dine?» «Eg har alt sagt dykk det,» sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kan henda de òg vil verta læresveinane hans?» Dei skjelte han ut og sa: «Du er hans læresvein, vi er læresveinane til Moses. Vi veit at Gud har tala til Moses, men om denne mannen veit vi ikkje kvar han er ifrå.» «Det er då underleg,» sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna augo mine. Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har age for han og gjer etter hans vilje. Frå opphavs tid har det aldri vore spurt at nokon har opna augo på ein blindfødd. Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.» Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut. Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte han, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?» Mannen svara: «Kven er han, Herre, så eg kan tru på han?» «Du har sett han,» sa Jesus. «Det er han som no talar med deg.» «Eg trur, Herre,» sa mannen og kasta seg ned for han. Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.» Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kan henda vi òg er blinde?» Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga skuld. Men no seier de at de ser, og difor er og vert de skuldige. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod. Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.» No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.» Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter. Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen. Då flokka jødane seg om han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!» Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg. Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. Eg og Faderen er eitt.» Atter tok jødane opp steinar og ville steina han. Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?» «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.» Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar? Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje. Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son? Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje. Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.» Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira. Så fór Jesus attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» Og det var mange der som kom til tru på Jesus. Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. Det var Maria som hadde salva Herren med olje og turka føtene hans med håret sitt. No låg Lasarus, bror hennar, sjuk. Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du har så kjær, er sjuk.» Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Han er til Guds ære; han skal visa herlegdomen åt Guds Son.» Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus. Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå to dagar der han var. Då fyrst sa han til læresveinane: «Kom, lat oss fara attende til Judea.» «Rabbi,» sa dei, «no nyss ville jødane steina deg, og så fer du dit att?» Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som ferdast om dagen, snåvar ikkje, for han ser ljoset i denne verda. Men den som ferdast om natta, han snåvar, av di han ikkje har ljoset i seg.» Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.» «Herre,» sa læresveinane, «er han sovna, så vert han nok frisk att.» Jesus meinte at han var slokna, men dei trudde han tala om vanleg svevn. Då sa Jesus beint ut: «Lasarus er død. Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, så de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.» Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.» Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadier på lag, og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho til møtes med han; men Maria vart sitjande heime. Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» «Bror din skal stå opp att,» seier Jesus. «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen,» svara Marta. Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» «Ja, Herre,» seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.» Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» Då Maria høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han. Jesus var endå ikkje komen inn i byen, men var der Marta hadde møtt han. Dei jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei fylgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der. Som no Maria kom dit Jesus var og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døytt.» Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som fylgde henne, vart han oppøst og oppskaka, og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre,» svara dei. Jesus gret. Då sa jødane: «Sjå kor kjær han hadde han.» Men somme av dei sa: «Han som opna augo på den blinde, kunne ikkje han ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?» Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre. «Ta steinen ifrå!» seier Jesus. «Herre,» seier Marta, syster til den avlidne, «det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen.» Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette for folket skuld som står her ikring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» Då han hadde sagt det, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!» Og ut kom den døde med føtene og hendene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!» Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram såleis, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne.» Det sa han ikkje av seg sjølv. Men av di han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket; men han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han. Difor gjekk ikkje Jesus fritt ikring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og fór til landet bortmed øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine. No leid det til påskehelga åt jødane, og før høgtida drog mange frå landet opp til Jerusalem og skulle reinsa seg. Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han. Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik han: «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» Dette sa han ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde pengepungen, og han tok av det som vart lagt der. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.» Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus som han hadde vekt opp frå dei døde. Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus. Dagen etter spurdest det i den store folkehopen som var komen til høgtida, at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn, Israels konge! Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive: Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, kongen din kjem ridande på ein eselfole. Dette skjøna ikkje læresveinane med det same; men då Jesus var herleggjord, kom dei i hug at dette var skrive om han, og at dei hadde helsa han så. Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut or grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. Difor var det òg at folket drog ut til møtes med han; for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda flyg etter han.» No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne stunda? Nei, til denne stunda skulle eg koma. Far, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har herleggjort det og skal atter herleggjera det.» Folket som stod der, høyrde det og sa at tora hadde slege. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar. No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut. Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.» Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få. Då sa folket: «Vi har høyrt at det står i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen skal lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?» Jesus svara: «Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei. Endå han hadde gjort så mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han. For det skulle oppfyllast, det ordet som profeten Jesaja har tala: Herre, kven trudde ¬bodskapen vår, og kven vart Herrens makt ¬openberra for? Difor kunne dei ikkje tru; for ein annan stad seier Jesaja: Han har gjort augo deira blinde og hjarta deira hardt, så dei ikkje skal sjå med augo og skjøna med hjarta og venda om, ¬så eg får lækja dei. Dette sa Jesaja av di han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus. Likevel var det mange som trudde på han, jamvel av rådsherrane. Men dei ville ikkje kjennast ved det på grunn av farisearane, så dei ikkje skulle verta utstøytte or synagoga. Dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud. Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg. Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. Som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg, ikkje skal verta verande i mørkret. Om nokon høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, så dømer ikkje eg han. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda. Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, han har ein domar over seg: Det ordet eg har tala, skal døma han på den siste dagen. For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Faderen som sende meg, han har gjeve meg påbod om kva eg skal seia og tala. Og eg veit at det han vil med bodet sitt, er evig liv. Det eg talar, det talar eg så som Faderen har sagt meg.» Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste. Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han. Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?» Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.» «Aldri skal du vaska føtene mine,» seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,» svara Jesus. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!» Men Jesus svara: «Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje reine alle.» Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det. Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast: Den som et mitt brød, syner meg hælen. Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at «eg er Han». Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.» Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!» Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte. Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus. Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte. Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: «Herre, kven er det?» Jesus svara: «Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.» Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.» Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette. Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt. Då han hadde gått, sa Jesus: «No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han. Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du av?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje fylgja meg no; men du skal fylgja meg seinare.» «Kvifor kan eg ikkje fylgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.» Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger. Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.» Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.» Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det. Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.» Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» Jesus svara: Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk. Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause! De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg. No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender. Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg; men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå! Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar. Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre! Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg. Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. Den som hatar meg, hatar Far min òg. Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det. Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?» For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: Synda er at dei ikkje trur på meg; retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; domen er at hovdingen over denne verda er dømd. Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk. Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg. Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og: Eg går til Faderen? Kva tyder dette: om ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om.» Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Talar de om det eg sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om ei lita stund att skal de få sjå meg? Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gleda seg. De skal syrgja, men sorga skal vendast til glede. Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er født til verda. Sameleis er det med dykk. No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk. Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen. Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen. Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk; for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud. Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.» Då sa læresveinane: «No talar du beint fram, og det du seier, er ikkje gåtefullt. No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng til at nokon spør deg; difor trur vi at du har gått ut frå Gud.» Jesus svara: «Trur de no? Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då de skal spreiast og gå kvar til sitt og la meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Faderen er med meg. Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsle; men ver frimodige: Eg har sigra over verda!» Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa: Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til. Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg. Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine. Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt. Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast. No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde. Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda. Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga. Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei. Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen. Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. Då Jesus sa: «Det er eg», veik dei attende og fall til jorda. Atter spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Eg har sagt dykk at det er eg,» sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!» Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste.» Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus. Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?» Soldatane, offiseren og mennene frå jødane greip no Jesus og batt han. Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året. Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket. Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus. Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestjenta som heldt vakt ved porten, og fekk Peter med seg inn. I det same seier ho til Peter: «Er du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei,» svara han, «det er eg ikkje.» Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde gjort opp ein koleld og stod og vermde seg. Peter òg vart ståande der saman med dei og vermde seg. Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans. «Eg har tala ope og fritt for alle,» svara Jesus. «Eg har alltid lært i synagoger og i templet, der alle jødar kjem saman; i løynd har eg aldri tala. Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei. Dei veit kva eg har sagt.» Då gav ein av vaktmennene som stod der, Jesus eit slag i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?» Jesus sa til han: «Har eg sagt noko urett, så prova det! Men var det rett det eg sa, kvifor slår du meg då?» Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas. Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.» Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning til han som Peter hadde hogge øyra av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?» Men Peter nekta atter. Og med det same gol hanen. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga åt landshovdingen. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet. Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva klagemål fører de mot denne mannen?» Dei svara: «Var han ikkje ein brotsmann, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.» «Ta han de,» sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.» Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt, då han lét dei få vita kva slag død han skulle få. Pilatus gjekk då atter inn i borga; han kalla Jesus fram for seg og spurde: «Er du kongen over jødane?» Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?» «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Folket ditt og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?» Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.» «Så er du då konge?» sa Pilatus. «Du seier det,» svara Jesus. «Eg er konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen. Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?» Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar. Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han. Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe. Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!» Og dei slo han i andletet. Atter gjekk Pilatus ut or borga og sa til folket: «Her kjem eg ut til dykk med han, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hjå han.» Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus sa til dei: «Sjå det mennesket!» Men då overprestane og mennene deira fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hjå han.» Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy, fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.» Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare. Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar. «Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?» Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.» Etter dette ville Pilatus gjerne gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje keisarens ven. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.» Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå, her er kongen dykkar!» Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren,» svara overprestane. Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast. Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei. Pilatus hadde skrive ei innskrift og sett på krossen. Der stod det: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.» Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. Overprestane åt jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje kongen over jødane, men at han sa: Eg er konge over jødane.» Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.» Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og skifte dei i fire luter, ein lut til kvar soldat. Kjortelen tok dei òg; han var utan saumar, heilvoven ovanfrå og ned. Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han!» Såleis skulle dette skriftordet oppfyllast: Dei skifte kleda mine ¬mellom seg og kasta lodd om kjortelen min. Dette gjorde soldatane. Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, det er son din.» Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg. Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tyrst.» Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut. Det var helgaftan, og dei døde måtte ikkje verta hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina måtte brytast på dei og lika takast ned. Soldatane kom då og braut beina, fyrst på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus. Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei braut ikkje hans bein. Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn. Dette vitnar han som har sett det, og vitnemålet hans er sant. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru. Dette hende for at skriftordet skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast ¬på han. Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han ¬som dei har gjennomstunge. Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu lekam. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, av di han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned lekamen. Nikodemus òg var der, han som fyrste gongen var komen til Jesus om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, ikring hundre pund. Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast. På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: «Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim. Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.» «Maria,» seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.» Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne. Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.» Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom. «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.» Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.» Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. Men desse er oppskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn. Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til: Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der. Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil av og fiska.» «Vi går med, vi òg,» sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko. Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei,» svara dei. «Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,» sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag. Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. «Kom hit med noko av den fisken de fekk,» sa Jesus til dei. Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken. Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde. Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: «Held du av meg?» Og han svara: «Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød sauene mine! Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Fylg meg!» Peter snudde seg og såg at den læresveinen som Jesus hadde kjær, fylgde etter. Det var han som hadde bøygt seg nærare innåt Jesus då dei heldt måltid, og spurt: «Herre, kven er det som skal svika deg?» Då Peter såg han, sa han til Jesus: «Herre, korleis skal det så gå med han?» Jesus svara: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Fylg du meg!» Så kom det ordet ut mellom brørne: «Den læresveinen skal ikkje døy.» Men Jesus sa ikkje at han ikkje skulle døy; det han sa, var: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det?» Det er den læresveinen som vitnar om desse ting og har skrive dette. Og vi veit at vitnemålet hans er sant. Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne røma dei bøkene som då måtte skrivast. I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut. Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera. Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.» Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.» Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira. Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.» Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem. Inne i byen gjekk dei opp i den salen som dei heldt til i. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob. Alle desse heldt samhuga ved i bøn i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans. Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom brørne, som var samla; det var ikring hundre og tjue menneske. «Brør,» sa han, «det laut oppfyllast, det skriftordet som Den Heilage Ande tala gjennom David om Judas, han som viste veg for dei som greip Jesus. Han var rekna mellom oss og var sett til den same tenesta. For dei pengane han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut. Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren. For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja aud, ingen skal bu der, og: Lat ein annan få hans tilsynsembete! No er det nokre menn her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut mellom oss, frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart oppteken ifrå oss. Ein av dei lyt saman med oss vera vitne om oppstoda hans.» To menn vart kalla fram: Josef Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias. Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarto, syn oss kven av desse to du har valt ut til å ha den tenesta og det apostelembetet som Judas gjekk ifrå då han fór til sin stad!» Dei kasta lodd mellom dei, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han halden for apostel saman med dei elleve. Då pinsedagen kom, var dei alle samla. Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna. I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål – partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia, Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne, jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?» Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!» Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei: Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine! Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel: I dei siste dagar skal det henda, ¬seier Gud, at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord, dei unge mennene ¬skal sjå syner, og dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar. Jamvel over trælane ¬og trælkvinnene mine vil eg renna ut min Ande ¬i dei dagar, og dei skal tala profetisk. Eg lèt teikn syna seg ¬oppe på himmelen og teikn nede på jorda: blod og eld og røykskyer. Sola skal mørkjast og månen verta som blod, før Herrens dag kjem, ¬den store og strålande. Og kvar den som kallar ¬på Herrens namn, skal verta frelst. Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til. Han vart gjeven i dykkar hand så som Gud føreåt hadde fastsett og visste om, og de lét menn som ikkje kjenner Guds lov, nagla han til krossen og drepa han. Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han. For David seier om han: Alltid hadde eg augo vende ¬mot Herren, for han er ved mi høgre side, så eg ikkje skal rikkast. Difor var det glede i mitt hjarta og jubel på mi tunge, ja, jamvel lekamen ¬skal bu med von. ¬For du skal ikkje la mi sjel verta verande i dødsriket og ikkje la din Heilage ¬gå til grunne. Du har lært meg livsens vegar, og du skal fylla meg med glede ¬for ditt åsyn. Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag. Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans. Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne. Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om. Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer. For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter! Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias. Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?» Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.» Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!» Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede. Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa. Ein dag då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet. Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore lam all si tid. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som kallast Fagerporten, så han kunne be dei som gjekk inn i templet, om ei sælebotsgåve. Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. Dei feste augo på han, og Peter sa: «Sjå på oss!» Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko. Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!» Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla. Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud. Alle såg korleis han gjekk ikring og lova Gud. Og dei kjende han att: Det var han som var van å sitja ved Fagerporten og be om gåver, og dei vart fylte av undring og otte over det som hadde hendt med han. Mannen heldt seg nær Peter og Johannes, og alt folket flokka seg ikring dei i Salomos bogegang, fulle av undring. Då Peter såg det, tok han til å tala til folket: Kvifor undrast de over dette, israelittar? Kvifor stirer de på oss, som om det var av eiga kraft eller gudsfrykt vi gjorde at denne mannen kan gå? Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har teke tenaren sin, Jesus, opp i herlegdom. De sveik han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri. De fornekta Den Heilage og Rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven. Men livsens hovding drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om. Fordi vi trur på Jesu namn, har dette namnet styrkt denne mannen som de ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gav mannen denne fulle førleiken, som de alle kan sjå. Eg veit nok, brør, at det var i vankunne de gjorde dette, nett som rådsherrane dykkar. Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida. Gjer difor bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne. Då skal det koma tider med lindring og trøyst frå Herren, og han skal senda den Messias som er etla åt dykk, Jesus. Han lyt vera i himmelen til den tid kjem då det skal atterreisast, alt det som Gud har tala om frå eldgamle dagar gjennom dei heilage profetane sine. Moses sa: Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk. Men kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal rydjast ut or folket. Alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar. De er born åt profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: I di ætt skal alle ætter på jorda velsignast. Det var til dykk Gud fyrst sende tenaren sin; han skulle velsigna dykk når kvar og ein vender om frå sine vonde gjerningar. Medan dei tala til folket, kom brått prestane bortåt saman med hovdingen for tempelvakta og saddukearane. Dei var harme fordi dei lærte folket og forkynte at dei døde skal stå opp, og viste til det som hadde hendt med Jesus. Dei greip dei og sette dei i fengsel til dagen etter; for det var alt seine kvelden. Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru, og talet på menn steig til ikring fem tusen. Dagen etter samla dei jødiske rådsherrane seg i Jerusalem saman med dei eldste og dei skriftlærde. Øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var i slekt med øvstepresten. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?» Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket! Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt, då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. Han er den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein. Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.» Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus. Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot. Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre: «Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta. Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.» Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og læra i Jesu namn. Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han. Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.» Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt. Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet. Som dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt. Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle samhuga i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er, du tala ved Den Heilage Ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia: Kvifor rasa folkeslaga? Kvifor la folka ¬gagnlause planar? Kongane på jorda reiste seg, og fyrstane slo seg saman mot Herren ¬og den han har salva. Ja, det skal vera visst: I denne byen slo dei seg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva, både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels ætter, og gjorde det som du i di makt og etter din plan hadde fastsett. Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod! Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!» Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod. Heile flokken av truande var eitt i hjarta og hug, og ingen kalla det han åtte for sitt eige; dei hadde alt i lag. Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var oppstaden, og stor nåde var over dei alle. Ingen av dei leid naud; for dei som åtte jord eller hus, selde det og kom med pengane og la dei for føtene åt apostlane. Sidan fekk kvar einskild tiletla det han trong. Det var ein mann frå Kypros, ein levitt som heitte Josef. Av apostlane hadde han fått tilnamnet Barnabas – det tyder trøystarsonen. Han åtte ein åker; den selde han og kom med pengane og la dei fram for apostlane. Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom. Men han gøymde unna noko av pengane, og det visste kona om; det han la fram for apostlane, var berre ein del av summen. Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du laug for Den Heilage Ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di? Kunne du ikkje ha halde på jorda di? Ho var då di. Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Korleis kunne du finna på å gjera dette? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.» Då Ananias høyrde det, seig han saman og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det. Nokre unge menn kom og sveipte inn liket. Så bar dei han ut og gravla han. Ikring tre timar seinare kom kona hans inn; ho visste ikkje kva som hadde hendt. Peter spurde henne: «Var dette alt de fekk for jorda?» «Ja,» svara ho, «det var alt.» Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de verta samde om å freista Herrens Ande? Høyr, utanfor døra kjem dei som har gravlagt mannen din, og no skal dei bera deg ut.» Og straks seig ho saman ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne livlaus, og dei bar henne ut og gravla henne attmed mannen hennar. Og det kom stor otte over heile kyrkjelyden og alle som høyrde om det. Mange var dei teikn og under apostlane fekk makt til å gjera mellom folket. Og alle dei truande heldt saman og møttest i Salomos bogegang. Ingen annan våga å vera saman med dei; men folket sette dei høgt. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til kyrkjelyden, menn og kvinner i stor mengd. Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom. Jamvel frå byane kring Jerusalem kom det folk i mengd som bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte. Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det er saddukearpartiet. Arge og sinte som dei var, greip dei apostlane og kasta dei i byfengslet. Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa: «Gå og stell dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile bodskapen om livet!» Då dei høyrde desse orda, gjekk dei fram imot morgonen til templet, og der lærte dei folket. Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengslet etter apostlane. Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane i fengslet. Dei kom attende og sa frå: «Vi fann fengslet forsvarleg stengt, og vaktarane stod ved portane. Men då vi låste opp, fann vi ingen der inne.» Denne meldinga gjorde hovdingen for tempelvakta og overprestane rådville, og dei spurde seg sjølve kva dette kunne føra til. I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og lærer folket.» Hovdingen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for at folket skulle steina dei. Så tok dei dei med seg og førte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut: «Vi forbaud dykk strengt å læra i dette namnet. Og no har de spreitt læra dykkar over heile Jerusalem og vil gje oss skulda for at denne mannen døydde.» Men Peter og dei andre apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske! Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av. Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene. Vi er vitne om alt dette, vi og Den Heilage Ande, som Gud har gjeve dei som lyder han.» Då dei høyrde det, vart dei rasande og sette seg føre å rydja dei or vegen. Men då reiste det seg ein mann i Rådet, farisearen Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt. Han bad dei føra apostlane ut ei lita stund og tok så ordet: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! For ei tid sidan steig Teudas fram; han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken hans løyste seg opp og vart til inkjes. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han fekk folk med seg på eit opprør, men han miste livet, og alle som fylgde han, vart spreidde. Og no seier eg dykk: Lat desse mennene vera! Lat dei gå! For dersom det dei tek seg føre, berre er menneskeverk, vert det ingenting av det. Men er det av Gud, kan de ikkje stogga dei. Ta dykk i vare! Elles kunne det syna seg at de strider mot Gud.» Dei fylgde rådet hans og kalla inn att apostlane, lét dei piska og forbaud dei å tala i Jesu namn. Så lét dei dei gå. Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var haldne verdige til å lida vanære for Jesu namn skuld. Både i templet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å læra og forkynna den bodskapen at Jesus er Messias. På denne tid, då talet på læresveinar auka meir og meir, kom dei gresktalande jødane med klagemål mot dei som tala hebraisk, fordi enkjene deira vart sette til sides i den daglege utdelinga. Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer forkynninga av Guds ord for å dela ut mat. Brør, vel no ut dykk imellom sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva. Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.» Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia. Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei. Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua. Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket. Då stod det fram nokre frå den synagoga som vart kalla synagoga for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar. Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus. Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som orda hans var borne av. Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.» På den måten eggja dei opp folket, dei eldste og dei skriftlærde; og så gjekk dei mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet. Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot den heilage staden og mot lova. Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane vi har frå Moses.» Då feste dei augo på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet. Då spurde øvstepresten: «Er det sant, dette?» Stefanus svara: Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han budde i Mesopotamia, før han slo seg ned i Karan, og sa til han: Far ut or landet ditt og bort frå ætta di, til det landet som eg vil syna deg! Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i. Han gav han ikkje noko jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova at han og ætta hans skulle få landet til odel og eige, endå han ikkje hadde born. Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år. Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden. Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane. Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus. Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat. Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen. Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans. Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske. Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre. Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv. Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt. Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef. Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp. På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin. Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son. Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd. Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane. Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin. Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje. Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: «De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?» Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?» Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner. Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne. Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst: Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord. Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt. Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han. Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss. Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt og sa til Aron: «Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.» Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk dei hadde laga med eigne hender. Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka: Bar de fram for meg slaktoffer ¬og gåver dei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt? Nei, de bar med dykk ¬teltet åt Molok og stjerna åt guden Romfa, bilete de laga og tilbad. Men eg vil flytta dykk ¬bortom Babylon. I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet med seg. Han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om det; Moses skulle laga det etter det førebiletet han fekk sjå. Fedrane våre fekk det i arv, og då Josva var førar, tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Såleis var det heilt til Davids dagar. Han fann nåde hjå Gud og bad om å få syta for ein bustad til Jakobs ætt. Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten: Himmelen er min kongsstol og jorda skammel ¬for mine føter. Kva slag hus kan de byggja ¬åt meg, seier Herren, eller kvar er staden ¬der eg kan kvila? Er det ikkje mi hand ¬som har skapt alt dette? Stivnakkar som de er, og uomskorne på hjarta og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot, de som fedrane dykkar. Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel, de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne. Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han. Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.» Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyro, og alle som ein storma dei mot han. Dei dreiv han føre seg ut or byen og steina han. Og vitna la kleda sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd!» Så fall han på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, slokna han. Saulus var samd i at Stefanus vart drepen. Same dagen braut det ut ei hard forfylging mot kyrkjelyden i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde kringom i Judea og Samaria. Nokre gudfryktige menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han. Men Saulus gjekk til åtak på Herrens lyd. Han trengde seg inn i heimane og drog ut både menn og kvinner og fekk dei kasta i fengsel. Dei som var spreidde ikring, fór rundt og forkynte evangeliet. Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus. Og alle som ein fylgde godt med når dei høyrde Filip tala og såg dei teikna han gjorde. For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lame og halte vart lækte. Det var stor glede der i byen. Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort. Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast den store.» Dei heldt seg til han, fordi han lang tid hadde sett dei i undring med trolldomskunstene sine. Men no trudde dei Filip som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, og dei lét seg døypa, både menn og kvinner. Simon kom òg til tru; etter at han var døypt, heldt han seg trufast til Filip og var sterkt gripen av dei teikn og mektige gjerningar som han såg. Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit. Dei kom ned og bad for dei, at dei måtte få Den Heilage Ande. For Anden var endå ikkje komen over dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den Heilage Ande. Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, får Den Heilage Ande!» Men Peter sa til han: «Måtte både du og pengane dine forgå, sidan du tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar! Du har ingen lut eller del i dette; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud. Vend om frå denne vondskapen din, og bed Herren tilgje deg at du kunne tenkja på noko slikt. For eg ser at du er full av bitter galle og fanga i vondskap.» Då sa Simon: «Bed til Herren for meg, så ikkje noko av det de har nemnt, skal koma over meg.» Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, fór dei attende til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria. Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen frå Jerusalem til Gasa.» Dette er ein veg gjennom audt land. Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Best det var, fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, som hadde vore i Jerusalem og tilbede Gud. Han var ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hjå Kandake, dronninga i Etiopia. No var han på veg heim og sat i vogna si og las profeten Jesaja. Då sa Anden til Filip: «Gå dit bort og hald deg attmed den vogna!» Filip sprang bortåt, og då han høyrde at han las profeten Jesaja, spurde han: «Skjønar du det du les?» «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip stiga opp i vogna og setja seg attmed han. Det stykket i Skrifta som han las, lydde så: Lik sauen dei fører til slakting, lik lammet som teier ¬når det vert klypt, lét han ikkje opp sin munn. Då han var fornedra, vart domen over han bortteken. Kven kan fortelja om hans ætt? For livet hans er rykt bort ¬frå jorda. Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?» Då tok Filip til å tala, og ut frå dette skriftordet forkynte han evangeliet om Jesus for han. Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Her er vatn. Kva er i vegen for at eg vert døypt?» «Trur du av heile ditt hjarta, så kan det gjerast,» sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son,» svara han. Så lét han vogna stogga, og begge steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han. Då dei steig opp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg. Men Filip fekk dei sjå att i Asjdod, og han forkynte evangeliet i alle byane han fór igjennom, heilt til Cæsarea. Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem. Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han. Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?» «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk. I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» Og Herren sa til han: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han. Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.» Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk. Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.» Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.» Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. Så fekk han seg mat og vart styrkt. Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus. Der forkynte han straks Jesus i synagogene og sa: «Han er Guds Son.» Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydja ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å gripa dei og føra dei til overprestane?» Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias. Då det leid av ei tid, vart jødane samde om å rydja han or vegen. Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dei heldt jamvel vakt ved byportane dag og natt for å slå han i hel. Men ei natt fekk læresveinane han ut; dei firte han ned etter muren i ei korg. Då han kom til Jerusalem, freista han å halda seg til læresveinane. Men alle var redde han; for dei trudde ikkje at han var nokon læresvein. Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt Jesu namn i Damaskus. Sidan var han støtt i lag med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn. Han tala òg med dei jødane som hadde gresk morsmål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å få han drepen. Då brørne fekk vita det, tok dei han med seg til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsus. No hadde kyrkjelyden fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Han vart oppbygd og levde i age for Herren; og styrkt av Den Heilage Ande auka han meir og meir. Medan Peter fór ikring alle stader, hende det at han kom ned til dei heilage i Lod. Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år; han heitte Æneas. Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus vil gjera deg frisk att. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp. Og då dei som budde i Lod og Saron, fekk sjå han, vende dei alle om til Herren. I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige. Men i den tida bar det så til at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå. Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med det bodet: «Gjer vel og kom hit til oss så fort du kan!» Peter gjorde seg ferdig og vart med. Då han kom fram, fylgde dei han opp på romet, der alle enkjene samla seg gråtande ikring han. Dei synte fram skjortene og kappene som Dorkas hadde sytt medan ho endå var mellom dei. Peter bad dei alle gå ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna augo, og då ho såg Peter, sette ho seg opp. Han rette henne handa og hjelpte henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei andre heilage og viste henne fram for dei ljos levande. Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren. Peter vart buande ei tid i Jaffa, hjå ein garvar som heitte Simon. I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius; han var offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske. Han var ein from mann, og både han og huslyden hans høyrde til dei som trudde på Israels Gud. Han gav mange sælebotsgåver til folket og bad alltid til Gud. Ein dag ikring den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!» Kornelius stokk til, såg fast på han og sa: «Kva vil du, herre?» Engelen svara: «Bønene og gåvene dine har stige opp til Gud og mint han om deg. Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon og har tilnamnet Peter. Han bur hjå ein garvar som heiter Simon og har eit hus nedmed sjøen.» Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla han til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av dei som støtt var med han. Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa. Dagen etter, medan dei var på vegen og ikkje hadde langt att til byen, gjekk Peter opp på taket og ville be; det var ikring den sjette timen. Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom det ei bortrykking på han, og han såg himmelen open og noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna. I duken var det alle slag dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slag fuglar som flyg under himmelen. Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!» «Nei, nei, Herre!» svara Peter, «aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.» Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halda for ureint.» Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen. Som no Peter var rådvill og ikkje visste kva det skulle tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten. Dei ropa inn og spurde om Simon, han som hadde tilnamnet Peter, budde der. Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg. Skunda deg og gå ned! Du skal fylgja dei utan å tvika; for det er eg som har sendt dei.» Då gjekk Peter ned til mennene og sa: «Det er meg de spør etter. Kvifor er de komne hit?» Dei svara: «Vi er sende av offiseren Kornelius, ein rettvis og gudfryktig mann som heile jødefolket har berre godt å seia om. Han har fått ein bodskap frå ein heilag engel som sa at han skulle henta deg heim til seg og høyra kva du har å seia.» Så bad Peter dei inn, og dei var gjestene hans. Dagen etter tok han av stad saman med dei, og nokre av brørne frå Jaffa fylgde med. Andre dagen nådde dei til Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei beste venene sine. Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han. Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er berre eit menneske, eg òg.» Medan dei gjekk inn, tala Peter med han. Men då Peter såg alle dei som hadde samla seg, sa han til dei: «De veit at ein jøde ikkje har lov til å vera saman med nokon frå eit anna folk eller gå inn i huset til dei. Men meg har Gud synt at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint. Difor kom eg utan motmæle med det same eg fekk bodet. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?» Då sa Kornelius: «For fire dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg. Kornelius, sa han, Gud har høyrt bøna di og har kome i hug sælebotsgåvene dine. Send bod til Jaffa og bed Simon som har tilnamnet Peter, koma hit! Han held til hjå garvaren Simon, som bur nedmed sjøen. Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. Så står vi då alle her for Guds åsyn og vil høyra alt det som Herren har gjeve deg påbod om å seia.» Då tok Peter til ords og sa: No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk, men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei så er av. De kjenner det ordet han sende til israelittane, evangeliet om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle. De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåpen sin, og som sidan spreidde seg over heile Judea, det at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den Heilage Ande og kraft, og at han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle som djevelen hadde fått i si makt; for Gud var med han. Og vi er vitne om alt det han gjorde kringom i Jødeland og i Jerusalem, han som dei hengde på eit tre og tok livet av. Men tredje dagen reiste Gud han opp att og lét han syna seg, ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud føreåt hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde. Og han baud oss kunngjera dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til domar over levande og døde. Om han vitnar alle profetane og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn. Medan Peter endå tala, fall Den Heilage Ande på alle dei som høyrde Ordet. Dei truande jødane som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den Heilage Andens gåve var utrend over heidningane òg. For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter: «Desse har fått Den Heilage Ande nett som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei vert døypte?» Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar. Apostlane og dei brørne som heldt til rundt ikring i Judea, fekk høyra at heidningane òg hadde teke imot Guds ord. Og då Peter kom opp til Jerusalem, klandra dei omskorne han og sa: «Du har gått inn i huset til folk som ikkje er omskorne og ete saman med dei.» Då tok Peter til ords og greidde ut for dei alt frå fyrst til sist: Eg var i Jaffa, sa han, og medan eg bad, kom det ei bortrykking på meg, og eg hadde eit syn. Eg såg noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned frå himmelen etter dei fire hjørna, og det kom heilt ned til meg. Eg feste augo på det og såg vel etter, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane som flyg under himmelen. Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: «Stå opp, Peter! Slakt og et!» «Nei, nei, Herre!» svara eg, «aldri har det kome noko vanheilagt eller ureint i min munn.» Då lydde røysta frå himmelen andre gongen: «Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halda for ureint.» Dette hende tre gonger, og så vart alt teke opp att til himmelen. I det same stod det tre menn utanfor det huset eg budde i; dei var sende til meg frå Cæsarea. Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å tvika. Desse seks brørne vart òg med. Då vi kom inn i huset til mannen, fortalde han oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: «Send bod til Jaffa etter Simon som har tilnamnet Peter! Han skal tala ord til deg som skal verta til frelse for deg og alle dine.» Eg hadde ikkje før teke til å tala, før Den Heilage Ande fall på dei liksom på oss den fyrste tida. Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: «Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den Heilage Ande.» Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk, då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud? Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om og vinna livet!» Dei som no hadde vorte spreidde ikring på grunn av trengslene som tok til med forfylginga mot Stefanus, dei fór vidt utover og kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar. Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, tala dei til grekarane òg, og bar fram evangeliet om Herren Jesus. Og Herrens hand var med dei; ei heil mengd kom til tru og vende om til Herren. Gjetordet om det som hadde hendt, nådde kyrkjelyden i Jerusalem, og dei sende Barnabas til Antiokia. Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han mana dei alle til å halda fast ved Herren av heile sitt hjarta. For han var ein god mann, fylt av Den Heilage Ande og tru. Og mange menneske vart vunne for Herren. Sidan drog han til Tarsus og ville leita opp Saulus, som han fann og tok med seg til Antiokia. Der var dei no eit heilt år saman i kyrkjelyden og gav mange menneske opplæring i trua. Og der, i Antiokia, var det at læresveinane fyrst vart kalla kristne. På den tid kom det nokre profetar frå Jerusalem til Antiokia. Ein av dei, han heitte Agabus, stod fram og varsla gjennom Anden at det skulle koma uår og svolt over heile verda. Det var den som kom då Claudius var keisar. Då vart læresveinane samde om at kvar av dei etter evne skulle vera med og hjelpa brørne i Judea. Det gjorde dei, og dei sende gåva med Barnabas og Saulus til dei eldste. På den tid la kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og fór hardt fram mot dei. Jakob, bror til Johannes, vart avretta med sverd. Og då Herodes såg at jødane lika dette, heldt han fram og lét dei gripa Peter òg. Det var i usyrdebrødshelga. Etter at han var teken, vart han kasta i fengsel, der fire vaktskift, kvart på fire mann, vart sette til å halda vakt over han. Herodes ville så føra han fram for folket etter påske. Peter vart no sitjande i fengslet. Men kyrkjelyden bad inderleg til Gud for han. Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lekkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengslet. Best det var, skein det eit ljos i romet, og ein engel frå Herren stod der. Han dytta Peter i sida og vekte han og sa: «Skunda deg og stå opp!» Med det same datt lekkjene av hendene hans, og engelen sa til han: «Bind beltet om deg, og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og fylg meg!» Peter fylgde han ut. Men han skjøna ikkje at det som hende han med engelen, var røyndom; han trudde det var eit syn han såg. Dei gjekk framom den fyrste og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv; dei gjekk ut og heldt fram nedover den fyrste gata. Der vart engelen brått borte for han. Peter kom til seg sjølv att og sa: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut or hendene på Herodes og berga meg frå alt det som jødefolket går og ventar på.» Så snart Peter vart vis med det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes, som hadde tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn. Han banka på ytterdøra, og ei tenestjente som heitte Rode, kom og skulle lata opp. Ho kjende Peter att på målet og vart så glad at ho gløymde å opna døra, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. «Då må det vera engelen hans,» sa dei. Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring. Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengslet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette!» Dermed gjekk han ut og fór til ein annan stad. Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kvar hadde det vorte av Peter? Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Med så gjort fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der. Herodes hadde lenge vore harm på folket i Tyrus og Sidon, og dei vart no samde om å venda seg til han. Då dei hadde vunne Blastus for seg, kammerherren åt kongen, bad dei om fred; for dei fekk det dei trong frå land som høyrde kongen til. Det vart fastsett ein dag for møtet. Då kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på ein æretribune og tala til folket. Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!» Med det same slo ein engel frå Herren han, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde. Men Guds ord hadde framgang og breidde seg vide ikring. Då Barnabas og Saulus hadde fullført ærendet sitt i Jerusalem, drog dei attende. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus. I kyrkjelyden i Antiokia var det nokre profetar og lærarar; der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til Herodes, fylkeskongen, og Saulus. Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den Heilage Ande: «Ta ut Barnabas og Saulus åt meg, og lat dei gå til den gjerning eg har kalla dei til!» Då heldt dei faste og bøn, la så hendene på dei og lét dei fara. Dei som såleis var utsende av Den Heilage Ande, fór fyrst ned til Seleukia, og derifrå siglde dei til Kypros. Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogene. Johannes var med og hjelpte dei. Dei fór tvert over øya, heilt til Pafos. Der råka dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus. Han heldt til hjå fylkeshovdingen Sergius Paulus. Det var ein vitug mann, og han bad Barnabas og Saulus til seg av di han gjerne ville høyra Guds ord. Men Elymas, trollmannen – som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få fylkeshovdingen bort frå trua. Då vart Saulus, som òg heittePaulus, fylt av Den Heilage Ande. Han såg kvast på trollmannen og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete? No legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda vart det svart for augo hans, og han trivla seg fram og leita etter einkvan som kunne leia han. Då fylkeshovdingen såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru. Så siglde dei av stad, Paulus og dei som var med han, og fór frå Pafos til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog attende til Jerusalem. Dei andre tok ut att frå Perge og kom til Antiokia i Pisidia, og på sabbatsdagen gjekk dei inn i synagoga og sette seg. Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane bod til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til påminning for folket, så tal!» Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa: Israelittiske menn og de andre som trur på Gud, høyr på meg! Han som er Gud åt Israels-folket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med opplyft arm førte han dei ut derifrå. I om lag førti år sytte han for dei i øydemarka. Han øydde ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige. Dette gjekk føre seg i om lag fire hundre og femti år. Sidan gav han dei domarar; den siste av dei var profeten Samuel. Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta, og han var konge i førti år. Men Gud tok riket frå han og gjorde David til kongen deira. Han fekk dette vitnemålet av Gud: Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarta; han kjem til å gjera alt det eg vil. I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova; det er Jesus. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket. Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.» Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt. For dei som bur i Jerusalem, og leiarane deira kjende han ikkje, men dømde han og oppfylte med det dei profetord som vert lesne kvar sabbat. Dei fann ikkje noko som dei kunne døma han til døden for, men kravde at Pilatus skulle rydja han or vegen. Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå krossen og la han i ei grav. Men Gud reiste han opp frå dei døde, og sidan synte han seg mange dagar for dei som hadde fylgt han frå Galilea opp til Jerusalem, dei som no er hans vitne for folket. Og no kjem vi til dykk med den glade bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre, den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen: Du er son min, eg har født deg i dag. Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil oppfylla for dykk dei heilage og ubrytelege lovnadene som David fekk. Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage gå til grunne. David var ein tenar for Guds plan så lenge han levde. Så døydde han og vart gravlagd hjå fedrane sine. Han gjekk til grunne. Men han som Gud reiste opp, gjekk ikkje til grunne. Så skal de då vita, brør, at ved han vert det forkynt dykk forlating for syndene. Alt det som de ikkje kunne verta frikjende for ved Moselova, det vert kvar den som trur, frikjend for ved han. Ta dykk i vare, så det ikkje skal koma over dykk, det som er sagt av profetane: Sjå, de som er fulle ¬av vanvørdnad, de skal undra dykk ¬og verta til inkjes. For eit verk gjer eg ¬i dykkar dagar, eit verk som de ikkje ville tru om det vart dykk fortalt. Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg. Og då synagogemøtet var slutt, var det mange som fylgde dei, både jødar og heidningar som hadde gått over til jødetrua. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjarta at dei måtte halda fast ved Guds nåde. Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Guds ord. Men då jødane såg alt dette folket, vart dei oppeggja; dei spotta og la imot det Paulus forkynte. Då tok Paulus og Barnabas til ords og sa beint ut: «Det var naudsynt at Guds ord fyrst vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane. For dette er Herrens bod til oss: Eg har gjort deg til eit ljos ¬for folkeslag, så du skal bera frelse ¬til heimsens ende.» Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var etla til evig liv. Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet. Men jødane øste opp dei fremste kvinnene som dyrka Gud, og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfylging mot Paulus og Barnabas og jaga dei ut or bygdene sine. Då riste dei støvet av føtene mot dei og fór til Ikonium. Men læresveinane vart fylte av glede og av Den Heilage Ande. I Ikonium fór dei fram på same vis: Dei gjekk inn i den jødiske synagoga, og dei tala såleis at ei stor mengd jødar og grekarar kom til tru. Men dei jødane som ikkje ville tru, eggja opp heidningane og sette dei opp mot brørne. Likevel vart dei verande der ei tid, og tala med frimod i tillit til Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera. Folket i byen delte seg; somme heldt med jødane, somme med apostlane. Men så hende det at både heidningane og jødane med styresmennene sine sette seg føre å skamfara dei og steina dei. Og då dei skjøna at det var meininga, rømde dei til Lykaonia, til byane Lystra og Derbe og bygdene der ikring. Der forkynte dei evangeliet. I Lystra var det ein mann som var lam i føtene. Han hadde vore vanfør frå han var fødd, og hadde aldri kunna gå. Denne mannen høyrde ofte på Paulus når han tala. Ein gong feste Paulus augo på han, og då han skjøna at mannen hadde tru så han kunne verta lækt, sa han med høg røyst: «Reis deg og stå på føtene dine!» Då spratt han opp og gjekk ikring. Då folket såg kva Paulus hadde gjort, sette dei i og ropa på lykaonisk: «Gudane har vorte menneske og stige ned til oss!» Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet. Presten i Zevs-templet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket. Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang inn i flokken og ropa: «Kva er det de finn på, godt folk? Vi er då vanlege menneske som de! Vi forkynner at de må venda om frå desse gagnlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er. I framfarne tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar; men han lét velgjerningar vitna om seg. Frå himmelen sende han dykk regn og grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarto dykkar med glede.» Såleis tala dei, men det var berre så vidt dei greidde å hindra folket i å ofra til seg. Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket på si side, og så steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei trudde han var død. Men læresveinane slo ring om han, og han reiste seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter tok han ut og fór saman med Barnabas til Derbe. Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. Så reiste dei attende til Lystra og Ikonium, og derifrå til Antiokia. Og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane og oppmoda dei til å vera faste i trua og sa: «Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.» I kvar kyrkjelyd valde dei ut eldste åt dei, og gav dei med bøn og faste over til Herren som dei trudde på. Så drog dei gjennom Pisidia og kom til Pamfylia. Dei forkynte Ordet i Perge og fór så ned til Attalia. Derifrå siglde dei til Antiokia, den staden der dei vart overgjevne til Guds nåde, då dei skulle gå i gang med det verket dei no hadde fullført. Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei, og at han hadde opna ei dør til tru for heidningane. Og dei vart verande ei god stund hjå læresveinane i Antiokia. Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å læra brørne: «Dersom de ikkje fylgjer den skikken vi har frå Moses, og lèt dykk omskjera, kan de ikkje verta frelste.» Paulus og Barnabas kom i strid med dei, og det vart eit kvast ordskifte. Då vart det vedteke at Paulus og Barnabas og nokre av dei andre skulle fara opp til Jerusalem og leggja spørsmålet fram for apostlane og dei eldste. Kyrkjelyden sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Og kvar dei kom, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om, og med det gjorde dei brørne ei stor glede. Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av kyrkjelyden, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort ved dei. Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde teke trua, og sa: «Dei lyt omskjerast og påleggjast å halda Moselova.» Apostlane og dei eldste kom då saman og drøfte dette, og det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut ein av dykk; han ville at heidningane av min munn skulle få høyra evangelieordet og koma til tru. Og Gud som kjenner alle hjarto, synte at han godtok dei, då dei fekk Den Heilage Ande liksom vi. Han gjorde ikkje i nokon måte skil på oss og dei; for ved trua reinsa han hjarto deira. Kvifor vil de då freista Gud og leggja eit åk på nakken åt læresveinane som korkje fedrane våre eller vi orka å bera? Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi vert frelste, vi liksom dei.» Då tagna heile flokken, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde om alle dei teikn og under Gud hadde late dei gjera mellom heidningane. Då dei hadde tala, tok Jakob til ords og sa: «Brør, høyr på meg! Simeon har gjort det klårt korleis Gud for lenge sidan sytte for å vinna seg eit folk av heidningar som skal æra hans namn. Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står: Sidan vil eg koma att og reisa Davids falne hytte. Det som er nedrive, ¬byggjer eg opp; eg reiser det på nytt, så alle andre menneske ¬kan søkja Herren, alle folkeslag som mitt namn ¬er nemnt over. Så seier Herren som gjer dette, det som er kjent ¬frå æve av. Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod. For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.» Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile kyrkjelyden, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas; begge desse var vørde menn mellom brørne. Med dei sende dei dette brevet: Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar brørne av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia. Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville med orda sine og gjort dykk urolege. Frå oss har dei inga fullmakt. Difor har vi samrøystes vedteke å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn. Så sender vi Judas og Silas; dei skal munnleg bera fram det som står i brevet. Den Heilage Ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er naudsynt: at de held dykk frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel! Så sende dei mennene av stad, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei saman kyrkjelyden og gav dei brevet. Dei las det og vart glade for den trøysta det gav. Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei. Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda. Men Silas rådde seg til å vera att. Men Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærte og forkynte Herrens ord saman med mange andre. Då det leid av ei tid, sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja brørne i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.» Barnabas ville ta Johannes med, han som dei kalla Markus. Men Paulus meinte at dei ikkje skulle ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde fylgt dei i arbeidet deira. Det vart ein kvass strid mellom dei, og dei skildest frå kvarandre. Barnabas tok Markus med seg og siglde til Kypros. Men Paulus valde Silas til fylgjesvein, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad. Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydane der. Så kom han til Derbe og Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus. Han var son til ei truande jødisk kvinne, og faren var grekar. Brørne i Lystra og Ikonium hadde berre godt å seia om han. Han ville Paulus ha med seg på ferda, og han tok og omskar han av omsyn til jødane som budde i dei bygdene; for alle visste at far hans var grekar. Sidan drog dei frå by til by, og dei føresegnene som apostlane og dei eldste i Jerusalem hadde vedteke, lét dei brørne få, med påbod om å retta seg etter dei. Så vart no kyrkjelydane styrkte i trua og auka i tal dag for dag. Sidan fór dei gjennom Frygia og Galatia; for Den Heilage Ande hindra dei i å tala Ordet i Asia. Då dei var komne bort imot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; men Jesu Ande gav dei ikkje lov. Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas. Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!» Då han hadde hatt dette synet, freista vi straks å fara til Makedonia; for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der. Så la vi ut frå Troas og siglde beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis. Derifrå fór vi til Filippi, som er romersk koloni og ein viktig by i provinsen Makedonia. Vi vart verande ei tid der i byen. På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, ned til ei elv der dei var vane å samlast til bøn. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman. Der var det ei kone frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurty, ei av dei som trudde på Israels Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjarta hennar, så ho tok til seg det Paulus sa. Då så ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim i huset mitt og gjev dykk til der!» Og ho nøydde oss til det. Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei tenestjente som hadde ei spådomsånd i seg og tente mange pengar til husbondsfolket sitt med å spå. Ho fylgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Den Høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelse.» Dette gjorde ho dag etter dag. Då vart Paulus harm; han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut med ein gong. Men då husbondsfolket åt jenta skjøna at det ikkje var von om meir vinning, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til byretten, som heldt til på torget. Dei førte dei fram for embetsmennene i byen og sa: «Desse mennene valdar stor uro i byen vår. Dei er jødar og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å godkjenna eller fylgja, vi som er romerske borgarar.» Folkehopen òg yppa seg mot dei. Då lét embetsmennene folka sine riva kleda av dei og baud at dei skulle piska dei. Dei gav dei mange slag og sette dei i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel. Då han hadde fått dette påbodet, tok han dei inn i det inste fangeholet og sette føtene deira fast i blokka. Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane. Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt. Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.» Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. Og han leidde dei ut og sa: «Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?» Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.» Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans. Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud. Då det vart dag, sende embetsmennene rettstenarane av stad med det bodet: «Slepp desse mennene fri!» Fangevaktaren fortalde det til Paulus og sa: «Embetsmennene i byen har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far dykkar veg i fred!» Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for augo på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd! Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!» Rettstenarane bar dette svaret attende til embetsmennene, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei skræmde. Dei kom og bad om orsaking og fylgde dei ut og bad dei fara bort frå byen. Då dei var komne ut or fengslet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei brørne og sette mot i dei. Så drog dei av stad. Dei la vegen om Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ei synagoge, og Paulus gjekk dit, som han var van. Tre sabbatsdagar på rad tala han med dei ut frå skriftene. Han forklara og la ut for dei at Messias laut lida og stå opp frå dei døde, og sa: «Det er Jesus, han som eg forkynner, som er Messias.» Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar, av dei som trudde på Israels Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene. Dette gjorde jødane arge i hugen, og dei fekk med seg nokre ringe karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit opplaup som sette byen i røre. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folkehopen. Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til domarane og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør, og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.» Då folkehopen og domarane høyrde det, vart dei skræmde; og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i trygd. Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i synagoga åt jødane. Jødane der hadde eit gjævare huglag enn dei i Tessalonika; dei tok imot Ordet med all godhug, og granska dagleg skriftene og såg etter om det hadde seg så. Mange av dei kom då til tru, og ikkje få av dei gjævaste greske kvinnene og mennene. Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og laga bråk. Då sende brørne Paulus av stad med ein gong; han skulle fara ned til sjøen. Men Silas og Timoteus vart att i Berøa. Dei som fylgde Paulus, var med han til Aten og fór så heim att med det bodet til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han snarast råd. Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete. I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka. Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda. Så tok dei Paulus med seg opp på Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med? Det er då underlege ting du lèt oss få høyra; difor ville vi gjerne få vita korleis det kan ha seg med dette.» For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt. Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa: Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting. Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.» Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma. Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde. Men då dei høyrde at døde menneske skulle stå opp att, var det somme som spotta; men andre sa: «Vi vil gjerne høyra meir av deg om dette ein annan gong.» Så gjekk Paulus frå dei. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre. Sidan tok Paulus ut frå Aten og fór til Korint. Der råka han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, av di keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle ha seg bort frå Roma. Paulus tok inn hjå dei, og sidan dei dreiv same handverket, vart han buande hjå dei, og dei arbeidde i lag. For dei var teltmakarar. Men kvar sabbat tala han med folk i synagoga, og overtydde både jødar og grekarar. Og då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias. Men då dei sette seg imot og spotta, riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Heretter går eg til heidningane.» Dermed gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som trudde på Israels Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagoga. Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte. Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala! Eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg eller gjera deg noko vondt; for eg har mykje folk i denne byen.» Så vart han buande der i eit år og seks månader og lærte dei Guds ord. Medan Gallio var fylkeshovding i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen. «Denne mannen,» sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.» Paulus ville nett ta ordet då Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller eit skarvestykke det galdt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar. Men er det strid om ei lære og om namn og om dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera domar i slike saker.» Dermed jaga han dei bort frå domstolen. Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor domarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det. Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og siglde til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men fyrst klypte han håret i Kenkreæ; for han hadde ein lovnad på seg. Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre; han gjekk til synagoga og gav seg i samtale med jødane. Dei bad han vera lenger, men det ville han ikkje. Då han tok avskil, sa han til dei: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så la han ut frå Efesos. Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp og helsa på kyrkjelyden. Så fór han ned til Antiokia. Der vart han verande ei tid, men tok så ut att. Han fór gjennom Galatia-landet og Frygia og styrkte alle læresveinane. Ein jøde som heitte Apollos og var fødd i Aleksandria, kom no til Efesos. Han var ein dugande talar og vel kjend i skriftene. Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg, og brennande ihuga som han var, forkynte og lærte han rett og reint om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. Han tok til å tala fritt og ope i synagoga, og der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg. Sidan fekk han hug å fara over til Akaia, og brørne talde han til det; dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han til stor hjelp for dei som ved Guds nåde hadde kome til tru. For med stor kraft sette han jødane til veggs når han i ope ordskifte prova ut frå skriftene at Jesus var Messias. Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar og spurde dei: «Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?» «Nei,» svara dei, «vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.» «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen,» svara dei. Då sa Paulus: «Dåpen åt Johannes var ein omvendingsdåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, og det er Jesus.» Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til namnet åt Herren Jesus. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger, og dei tala profetisk. Det var om lag tolv menn i alt. Sidan gjekk han til synagoga, og der tala han med stort frimod i tre månader; han samtala med folk og overtydde dei om Guds rike. Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru; dei lasta «vegen» medan alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og fekk læresveinane til å halda seg borte frå dei, og sidan hadde han kvar dag samtalar i Tyrannus-skulen. Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord. Gud gav Paulus kraft til å gjera uvanlege under. Det hende jamvel at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde hatt på seg, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut. Nokre jødar som fór ikring og dreiv med åndemaning, freista òg å nemna namnet åt Herren Jesus over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.» Den jødiske øvstepresten Skevas hadde sju søner som dreiv på med dette. Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?» Og mannen som den vonde ånda var i, flaug på dei, vann over dei alle og skamfór dei, så dei nakne og såra laut røma or huset. Dette vart kjent for alle som budde i Efesos, både jødar og grekarar; det kom otte på dei alle, og Herren Jesu namn vart høglova. Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort. Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei medan alle såg på. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar. Såleis hadde Herrens ord sterk framgang og fekk stor makt. Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å fara gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg vitja Roma òg.» Så sende han to av hjelpesmennene sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv drygde han endå ei tid i Asia. På den tid vart det eit stort oppstyr om Herrens veg. Ein sølvsmed som heitte Demetrius, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt. Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet. Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtel menneske i store mengder og fører dei vilt, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. Det er ikkje berre fare for at yrket vårt får ringt ord på seg, men verre er det at templet til Artemis, den store gudinna vår, kan verta rekna for inkje, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å missa sitt velde.» Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er Artemis, efesargudinna!» Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teatret og drog med seg Gaius og Aristark, to makedonarar som hadde fylgt Paulus på ferda. Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han. Nokre av rådsherrane for Asia-provinsen, som var venene hans, sende bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teatret. Dei ropa og skreik i munnen på kvarandre, for heile folkehopen var i ei røre, og dei fleste visste ikkje eingong kva dei hadde kome saman for. Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket. Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er Artemis, efesargudinna!» Til sist greidde byskrivaren å roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til å ta vare på templet åt den store Artemis og biletet hennar, det som har falle ned frå himmelen? Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram. No har de ført hit desse mennene som korkje er tempelranarar eller har spotta gudinna vår. Vil Demetrius og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre fylkeshovdingar; partane kan stemna kvarandre for retten. Og har de noko anna å krevja, skal det verta avgjort på det lovlege folketinget. Etter det som har hendt i dag, kan vi lett verta klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til når vi vert kravde til rekneskap for dette oppstyret.» Med så sagt fekk han folkehopen til å skiljast. Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut; no ville han fara til Makedonia. På ferda gjennom desse bygdene tala han mykje som var til trøyst og kveik for dei truande. Han kom så til Hellas, og der vart han verande i tre månader. Då han skulle fara derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han; difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia. Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrrus, Aristark og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe og Timoteus, og frå Asia Tykikus og Trofimus. Desse fór føre og venta på oss i Troas. Vi andre siglde ut frå Filippi straks etter usyrdebrødshelga, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der drygde vi ei veke. Fyrste dagen i veka var vi samla og skulle bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter. Det var mange lamper i den salen der vi var samla. Ein ung gut som heitte Eutykus, sat i vindauga. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup svevn, og i svevnen datt han ut gjennom vindauga frå tredje høgda. Han var livlaus då dei tok han opp. Men Paulus gjekk ned, la seg over han og slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det ljosna. Då tok han ut. Guten leidde dei heim levande, og var storleg trøysta. Imedan hadde vi gått om bord i skipet og siglde til Assos. Der skulle vi ta Paulus med, som han hadde sagt frå om; for dit ville han gå til fots. Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mitylene. Dagen etter siglde vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Milet. For Paulus hadde sett seg føre å sigla utanom Efesos, så han ikkje skulle verta heft i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd. Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. Og då dei kom, tala han til dei: De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje. Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få. Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet. Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og siglde beint til Kos, dagen etter til Rhodos og derifrå til Patara. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og siglde mot Syria. I Tyrus la vi til lands; for der skulle skipet lossa. Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem. Då vi hadde vore der dei dagane til endes, heldt vi fram på ferda. Alle fylgde oss ut or byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad. Sidan sa vi farvel til kvarandre; vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att til seg. Så fór vi frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferda. Vi helsa på brørne der og var ein dag hjå dei. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hjå evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hjå han. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve. Som vi no drygde der nokre dagar, kom det ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea. Han kom til oss, tok beltet åt Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den Heilage Ande: Slik skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og gje han i hendene på heidningane.» Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem. Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjarta? Eg er budd, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for namnet åt Herren Jesus.» Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!» Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem. Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu. Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede. Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste. Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde bruka han til å gjera mellom heidningane. Då dei høyrde det, lova dei Gud. Men så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle held dei strengt på lova. Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane. Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen. Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad. Ta dei med deg, og lat deg reinsa saman med dei. Og ber du kostnaden for dette, så dei kan klyppa håret sitt. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever så at du held lova. Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av strøypte dyr og frå hor.» Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram. Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.» For dei hadde alt sett Trofimus frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til templet. Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han ut frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde. Dei heldt mest på å slå han i hel då kommandanten for garnisonen fekk melding om at heile Jerusalem var i ei røre. Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus. Kommandanten gjekk bortåt; han lét mennene sine gripa Paulus, og baud at han skulle bindast med to lekkjer. Så spurde han kven han var, og kva han hadde gjort. Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga. Men då dei kom til troppa, trengde hopen så hardt på at soldatane laut bera han; for heile folkemengda fylgde etter og skreik: «Drep han!» Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å tala eit ord med deg?» Han svara: «Kan du gresk? Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivstikkarane ut i øydemarka?» «Eg er ein jøde,» sa Paulus, «og høyrer heime i Tarsus, denne velkjende byen i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!» Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på troppa og gav teikn med handa til folket. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk: «Brør og fedrar! Høyr på meg når eg no ber fram forsvaret mitt for dykk!» Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare. Eg er ein jøde, sa han, fødd i Tarsus i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg sete og fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like ihuga for Gud som de alle er det i dag. Eg har bunde både menn og kvinner og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfylgt dei som heldt seg til denne læra. Det kan øvstepresten og heile Rådet stadfesta. Dei gav meg jamvel brev med til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å føra dei som var der, i lekkjer til Jerusalem og få dei straffa. Men då eg var på vegen og alt var komen bort imot Damaskus, hende det brått ved middagstid at eit sterkt ljos frå himmelen stråla ikring meg. Eg stupte til jorda, og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?» «Kven er du, Herre?» spurde eg. Han sa til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.» Dei som var med meg, såg ljoset, men høyrde ikkje målet av han som tala til meg. «Kva skal eg gjera, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er etla til å gjera.» Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av ljoset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg, og såleis kom eg til Damaskus. Der var det ein from mann, Ananias, som heldt seg etter lova og hadde godt ord på seg hjå alle jødane som budde der. Han kom til meg og stod framfor meg og sa: «Saul, bror, du skal få att synet!» Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han. Då sa Ananias: «Han som er Gud åt fedrane våre, har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den Rettferdige og høyra røysta frå hans munn. For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt. Og no, kvifor dryer du? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!» Sidan, då eg var komen attende til Jerusalem og bad i templet, kom det ei bortrykking på meg. Eg såg han, og han sa til meg: «Skunda deg! Far bort frå Jerusalem så snøgt du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.» «Herre,» svara eg, «dei veit sjølve at eg fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei verta piska kring i synagogene. Og då blodet til Stefanus, vitnet ditt, rann, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kleda deira.» Då sa Herren til meg: «Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.» Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i og ropa: «Bort med han! Ein slik mann skulle ikkje få leva på jorda!» Og dei skreik og veifta med kappene sine og kasta støv opp i veret. Då lét kommandanten Paulus førast inn i borga. Han skulle få svepeslag og verta forhøyrd, sa han, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han. Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa han til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?» Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er då romersk borgar.» Kommandanten gjekk ut til Paulus og sa: «Sei meg, er du romersk borgar?» «Ja,» svara han. «Eg har kjøpt denne borgarretten for ein stor pengesum,» sa kommandanten. «Eg er fødd til han,» svara Paulus. Dei som skulle forhøyra han, gjekk då frå han med ein gong. Og kommandanten vart redd då han skjøna at han hadde bunde ein romersk borgar. Dagen etter ville kommandanten ha full greie på kva det var jødane klaga han for. Difor løyste han Paulus or lekkjene, og baud at overprestane og heile Rådet skulle koma saman. Så henta han Paulus og førte han fram for dei. Paulus feste augo på Rådet og sa: «Brør, eg har til denne dag levt med godt samvit for Gud.» «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod attmed. Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal døma meg etter lova, og så byd du tvert imot lova at dei skal slå meg!» «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der. «Eg visste ikkje, brør, at han er øvsteprest,» svara Paulus. «For det står skrive: Ein hovding i folket ditt skal du ikkje skjella ut.» Som no Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og av farisearætt. Og eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.» Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken kløyvde seg. For saddukearane seier at det ikkje er noka oppstode, og at det ikkje finst englar og ånder, men farisearane lærer alt det. No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?» Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga. Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.» Då det vart dag, slo jødane seg saman, og svor på at dei korkje skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus. Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga. Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus. Send no de i lag med Rådet ei fråsegn til kommandanten og bed han senda han til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøgnare. Så står vi ferdige til å rydja han or vegen før han kjem fram.» Men systerson til Paulus fekk høyra om denne løynde planen, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus. Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har ei melding til han.» Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Paulus som sit fanga her, kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har ei melding til deg.» Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?» Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøgnare. Men du må ikkje la deg overtelja! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei korkje skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg budde og ventar berre på at du skal lova det.» Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Lat ikkje nokon få vita at du har fortalt meg dette.» Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta 200 soldatar, 70 hestfolk og 200 lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt! Og syt for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks!» Så skreiv han dette brevet: Claudius Lysias helsar den høgvørde landshovdingen Feliks. Denne mannen hadde jødane gripe og heldt på å gjera ende på han; men då eg fekk vita at han var romersk borgar, kom eg med soldatane og berga han. Som eg no gjerne ville få greie på kva det var dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira. Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømast frå livet eller setjast i fengsel for. Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit åtak på mannen, sender eg han til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka. Soldatane gjorde som dei var føresagde: Dei tok Paulus med seg til Antipatris om natta. Dagen etter vende dei attende til borga og lét hestfolket fara lenger med han. Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han. Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia, sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes. Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja klagemålet mot Paulus fram for landshovdingen. Paulus vart henta, og Tertullus tok til med klagemålet: «Høgvørde Feliks! Vi har deg å takka for at det rår ro og fred alle stader, og ditt kloke styre har gjort at dette folket har fått betre kår. I djup takksemd ser og skjønar vi dette, alltid og alle stader. Men eg skal ikkje hefta deg lenge. Difor bed eg om at du, velviljug som du er, vil høyra på oss ei lita stund. Det har synt seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarear-sekta. Han har jamvel freista å vanhelga templet, og det var der vi greip han. Vi ville døma han etter lova vår, men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut or hendene våre og førte han bort; og til dei som klaga på han, sa han at dei skulle gå til deg. No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du nok greie på kva det er vi klagar han for.» Jødane stødde han og sa at såleis var det. Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa: Eg veit at du har vore domar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg. Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem og ville tilbe der. Og ingen har sett meg ordskiftast med nokon eller eggja opp folk, korkje i templet eller i synagogene eller nokon annan stad i byen. Heller ikkje kan dei prova for deg det dei no klagar meg for. Men det vedgår eg: Eg dyrkar den same Gud som fedrane, og det gjer eg med å fylgja den vegen som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane. Og eg har den same von til Gud som desse: At rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp or gravene. Difor legg eg òg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske. Etter nokre år kom eg og skulle bera fram ei gåve til hjelp for folket mitt og ofra. Då var det dei fann meg i templet, der eg hadde late meg reinsa; eg samla ikkje folk om meg eller gjorde noko oppstyr. Nokre jødar frå Asia såg meg, og dei burde ha møtt fram for deg og kome med klagemål, om dei hadde hatt noko. Eller lat dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet. Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet som eg ropa ut då eg stod framfor dei: «Eg trur at dei døde skal stå opp, difor står eg for retten her i dag.» Feliks visste vel korleis det hadde seg med «vegen». Difor sette han ut saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.» Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp. Nokre dagar seinare kom Feliks i lag med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinne. Han sende bod etter Paulus, og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus. Men då han tala om rettferd og fråhald og om domen som skal koma, vart Feliks skræmd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.» Feliks gjorde seg òg von om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han. Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men då Feliks gjerne ville vinna godhug hjå jødane, lét han Paulus etter seg i fengslet. Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem. Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus. Og dei bad han gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem; for dei ville leggja seg på lur og drepa han på vegen. Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle attende dit. «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det,» sa han, «vera med og leggja fram klagemålet, om det då er noko gale med mannen.» Han hadde ikkje vore der meir enn åtte-ti dagar, så fór han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i domarsetet og baud at Paulus skulle førast fram. Straks han kom inn, stelte dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring han og kom med mange harde skuldingar, som dei ikkje kunne prova. Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje på nokon måte forbrote meg, korkje mot lova åt jødane, mot templet eller mot keisaren.» Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du viljug til å fara opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som domar?» Men Paulus svara: «Eg står for domstolen åt keisaren, og her har eg rett til å få dom. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt. Har eg gjort eit brotsverk, noko som eg lyt lata livet for, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.» Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren; til keisaren skal du fara.» Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og ville helsa på Festus. Dei vart verande der ei tid, og så fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her,» sa han, «som Feliks har late etter seg i fengslet. Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hjå jødane fram med klagemål mot han og bad om å få han dømd. Eg svara at romarane ikkje har for vis å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot klagemålet. Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge; alt dagen etter sette eg meg i domarsetet og baud at mannen skulle førast fram. Klagarane samla seg ikring han; men dei kom ikkje med skuldingar for brotsverk, som eg hadde tenkt meg. Det var berre nokre spørsmål i deira eigen religion dei var usamde med han om, og om ein som heitte Jesus, som er død, men som Paulus meiner lever. Eg visste ikkje korleis eg skulle ta ei sak som denne, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der. Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle verta sitjande til eg får sendt han til keisaren.» «Den mannen har eg òg hug til å høyra,» sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han,» svara Festus. Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i rettssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. Festus sa frå at Paulus skulle hentast, og han vart ført inn. Så tok Festus til ords og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! No ser de den mannen som har fått alle jødar til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger. Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som han burde lata livet for. Men då han anka til keisaren, sette eg meg føre å senda han dit. No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, fyrst og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva. For eg tykkjer det er meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for klagemålet mot han.» Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret: Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for, sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod. Heilt frå barndomen har eg butt mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt har vore. Difor veit dei òg, om dei berre vil seia det, at eg frå fyrste stund har levt som farisear og vore av dei som tok det strengast med religionen vår. Og no står eg her og skal dømast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre, den som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt når dei ihuga dyrkar Gud natt og dag. For denne vona skuld, konge, fører jødar klagemål mot meg. Kvifor held dei det for utruleg hjå dykk at Gud vekkjer opp att menneske som er døde? Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot namnet åt nasarearen Jesus. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for. Rundt ikring i synagogene fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta; og rasande som eg var, forfylgde eg dei heilt til byar i utlandet. Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane. På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg. Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!» «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå. Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til. Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.» Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet. Men eg har forkynt, fyrst i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for andre folkeslag, at dei må gjera bot og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga. Difor var det nokre jødar greip meg i templet og ville drepa meg. Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda: at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna ljoset både for vårt folk og for folkeslaga. Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg bort i vitløyse!» Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå vitet, vørde Festus; alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt. Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frihuga til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han; det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok. Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.» Då sa Agrippa til Paulus: «Det vantar lite på at du får overtalt meg til å verta ein kristen.» Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.» Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der. Og medan dei gjekk ut, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen har ikkje gjort noko som han bør lata livet eller sitja i fengsel for.» Og Agrippa sa til Festus:»Han kunne ha vorte sett fri, om han ikkje hadde anka til keisaren.» Då det var avgjort at vi skulle sigla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser som heitte Julius og var i Den keisarlege hæravdelinga. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium, som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristark frå Tessalonika. Dagen etter la vi til lands i Sidon, og Julius, som gjorde vel mot Paulus, gav han lov til å vitja venene sine og la dei hyggja for seg. Derifrå sette vi til havs att og siglde i le av Kypros, av di vinden bar imot. Så siglde vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det. I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi ned under Kreta ved Salmone-neset. Det greidde vi så vidt å sigla rundt og kom til ein stad som dei kallar Godhamn, ikkje langt frå ein by som heiter Lasea. No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei og sa: «Godt folk, eg ser at det er vågsamt å fara lenger, og at vi kan koma til å missa ikkje berre skip og last, men livet med.» Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa. Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinterlægje, heldt dei fleste på at dei skulle sigla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest. Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen; dei letta anker og siglde langs Kreta nær land. Men det var ikkje lenge før det kom ein kvervelvind kastande inne frå øya, nordaust-vinden som dei kallar han. Skipet vart rive med; det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva. Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Klauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten. Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebukta; difor lét dei drivankeret gå, og såleis dreiv dei. Men stormen heldt fram med ofse, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen. Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord. På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uveret heldt fram, miste vi all von om berging. No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «De skulle ha høyrt på meg, godt folk, og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet. Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje ein av dykk skal missa livet; men skipet er tapt. For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener, og han sa: Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og Gud har gjeve deg alle dei som er med deg på skipet. Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det vil gå som det er sagt meg. Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.» Då vi hadde drive ikring på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta. Dei lodda og fann tjue famnar. Litt lenger inne lodda dei att og fann femten famnar. Då vart dei redde vi kunne støyta på eit skjer; difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ynskte berre at det måtte dagast. Sjømennene freista å røma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet, medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen. Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Vert ikkje desse mennene verande om bord, så kan ikkje de bergast.» Då kappa soldatane toga som heldt båten, og lét han driva av. Medan dei venta på at det skulle dagast, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet. Difor rår eg dykk til å eta; det må til, skal de verta berga. Ingen av dykk skal missa så mykje som eit hår på hovudet.» Med så sagt tok han eit brød, takka Gud medan alle høyrde på, braut det og tok til å eta. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat. Vi var i alt 276 menneske om bord. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen. Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auga på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn. Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samstundes løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot land med vinden. Men best det var, dreiv dei inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg djupt ned og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av bårebrotet. No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og røma. Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti fyrst og koma seg i land. Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land. Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta. Dei som budde der, var svært hjelpsame mot oss. Dei tok seg av oss alle og kveikte bål; for det hadde teke til å regna, og det var kaldt. Paulus sanka i hop ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans. Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan rettferdsgudinna ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.» Men Paulus riste ormen av seg, inn i elden, og hadde ikkje noko mein av det. Dei andre venta berre at han skulle trutna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud. Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, åtte. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hjå han i tre dagar. Far til Publius låg sjuk nett då, plaga av feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han. Sidan det gjekk så, kom dei til han, dei andre òg der på øya som leid av ein eller annan sjukdom, og dei vart lækte. Dei gjorde stor ære på oss; og då vi tok ut, gav dei oss det vi trong. Då det hadde gått tre månader, siglde vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde tvillingane til skipsmerke. Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar. Derifrå siglde vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli. Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma. Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot. Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han. Tre dagar etter kalla han saman dei fremste av jødane i byen. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller brote dei skikkane vi har frå fedrane. Men endå vart eg sett fast i Jerusalem og gjeven i hendene på romarane. Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, av di eg ikkje hadde gjort noko som eg kunne dømast frå livet for. Men jødane sette seg imot det; difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å føra klagemål mot mitt eige folk. Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lekkjene.» Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og fortalt eller sagt noko vondt om deg. Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.» Dei avtala ein dag med han og kom så til han der han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld la han så ut for dei, vitna om Guds rike og freista å vinna dei for trua på Jesus, både ut frå Moselova og profetane. Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, andre var vantruande. Som dei ikkje kunne semjast, gjekk dei frå kvarandre då Paulus sa det eine ordet: «Det var sant, det som Den Heilage Ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja: Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, ¬men ikkje skjøna, sjå og sjå, men ikkje skilja. For hjarta åt dette folket ¬er hardt; tungt høyrer dei med øyro, og augo har dei late att, så dei ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skjønar med hjarta og vender om, så eg får lækja dei. Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.» Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei ordskiftest hardt med kvarandre. Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigt. Han tok imot alle som kom til han, og med stort frimod forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus; det var ingen som hindra han. Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde. Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn. Mellom dei er de òg, de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. Eg helsar dykk alle, som er elska av Gud, de heilage som er kalla av han. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Fyrst av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda talar dei om trua dykkar. Gud sjølv, som eg tener av heile mitt hjarta med å forkynna evangeliet om Son hans, han er mitt vitne på at eg alltid nemner dykk i bønene mine. Eg bed om at det endeleg ein gong må laga seg så at eg får koma til dykk, om Gud vil. For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk ei Andens gåve for å styrkja dykk. Eller rettare sagt: Saman skal vi, både eg og de, få nytt mot ved den trua som vi eig i lag. De skal vita, brør, at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. Hjå dykk òg ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, liksom hjå dei andre folka. For eg står i skuld både til grekarar og andre folkeslag, til lærde og ulærde. Difor er det eg ynskjer å forkynna evangeliet for dykk i Roma òg. For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru. Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen! Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt. Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre. Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta. Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det. Difor har du ikkje noko å orsaka deg med, du menneske som dømer, kven du så er. For når du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv. Du som dømer, gjer sjølv det same. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som fer med slikt. Men når du, menneske, dømer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? Eller vanvørder du hans grenselause godleik, tolmod og langmod? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? Med din harde hug og ditt ubotferdige hjarta hopar du opp vreide som skal koma over deg på vreidens dag, når Gud openberrar sin rettferdige dom. Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som lèt seg leia av uretten og ikkje er lydige mot sanninga, har vreide og harme i vente. Trengsle og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde fyrst og så grekar. Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde fyrst og så grekar. For Gud gjer ikkje skil på folk. Alle som synda utan å ha lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda og hadde lova, skal dømast etter lova. For ikkje dei som høyrer lova, er rettferdige for Gud; men dei som gjer det lova seier, skal han rekna for rettferdige. For når heidningane som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarto deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten klagar dei eller forsvarar dei. Dette skal verta klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømer det som løyner seg i menneska, så som eg har forkynt i mitt evangelium. Og du som kallar deg jøde: Du lit på lova og rosar deg av Gud; du kjenner hans vilje, og kan avgjera kva som er det rette, fordi du er opplært i lova. Du er viss på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit ljos for dei som er i mørker, ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga nedlagd. Du som vil vera lærar for andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du? Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som held avgudane for ein styggedom, plyndrar du templa deira? Du som rosar deg av lova, du vanærar Gud når du bryt lova. For dykkar skuld vert Guds namn spotta mellom heidningane, som skrive står. Omskjeringa er nok til gagn for deg, men berre om du held lova. Bryt du lova, er du som ein uomskoren. Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast for omskoren, endå han ikkje er det? Den som i det ytre er uomskoren, men held lova, han skal døma deg. For du bryt lova trass i omskjering og skriven lov. For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud. Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa? Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt. Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje? Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive: Så du skal få rett når du talar, og vinna når du fører sak. Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss? Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda? Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar? Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener. Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar noko framom andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nett klaga både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman, som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste. Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud. Alle er komne på avveg, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin ¬som gjer godt, ikkje ein einaste. Strupen deira er ¬som ei open grav, falske ord ligg dei på tunga, under lippene har dei ormegift, i munnen forbanning ¬og harde ord. Dei er lette på foten ¬når dei vil renna ut blod, øydelegging og armod ¬fylgjer i deira fotefar. Freds veg kjenner dei ikkje, og age for Gud ¬veit dei ikkje av. Vi veit at alt det som lova seier, gjeld dei som har lova, så kvar munn skal tagna og heile verda stå skuldig for Gud. Ingen vert rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev; lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna. Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane. Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad, for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde. Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus. Kvar er så det vi kan rosa oss av? All ros er utestengd! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar. Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg, så sant Gud er éin. Og han vil rettferdiggjera dei omskorne på grunn av tru og dei uomskorne ved tru. Gjer vi då lova om inkje med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova. Kva skal vi då seia om Abraham, ættefar vår? Kva vann han fram til? Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å rosa seg av. Men det har han ikkje for Gud. For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde. Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som seier den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur. Såleis prisar òg David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan at det har gjerningar: Sæle er dei som har fått sine brot tilgjevne og sine synder tildekte. Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar ¬synd. Dei som her vert prisa sæle, er det berre dei omskorne, eller er det dei uomskorne med? Vi sa då at Abraham vart rekna for rettferdig fordi han trudde. Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. På den måten skulle han verta far til alle uomskorne som trur, så rettferda kan tilreknast dei. Men han skulle òg verta far til dei omskorne, når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg fylgjer etter Abraham, far vår, og eig den tru han hadde før han vart omskoren. For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle verta arving til verda, men ved den rettferd som kjem av tru. Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua gagnlaus, og lovnaden er gjord til inkjes. For lova verkar vreide hjå Gud, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot. Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile ætta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. Han er då far for oss alle, som det står skrive: Eg har gjort deg til far åt mange folk. Han er vår far i Guds augo; for han trudde på Gud, han som gjer dei døde levande og byd det som ikkje er, at det skal verta til. Endå all von var ute, heldt Abraham fast på vona og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di verta. Han var då mest hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft, og at Sara var for gamal til å verta mor. Han var ikkje vantruen, så han tvila på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. For han var fullviss på at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. Difor vart han rekna for rettferdig. Men det var ikkje berre for hans skuld at dette vart skrive om han. Det gjeld oss òg. Vi skal få rettferda tilrekna når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud. Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga. Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda. Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov, rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma. Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve. Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre. Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større? Langt ifrå! Vi som har døytt frå synda, korleis kan vi framleis leva i synda? Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda. For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han. Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus. Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen. Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv. Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden. Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda – eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga. Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett. Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden. Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv. For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre. De kjenner lova, brør, og veit at ho rår over eit menneske berre så lenge det lever. Ei gift kvinne er etter lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til han. Difor bryt ho ekteskapet om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og bryt ikkje ekteskapet om ho gifter seg med ein annan. Såleis er det med dykk òg, brør. Fordi Kristus døydde, er de òg døde og er ikkje under lova; de høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud. Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død. Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døytt ifrå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv, i Anden, og ikkje som før etter bokstaven. Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig. Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene. Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam? Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen. Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han. Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne ¬dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande. Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn. Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene; deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen. Med dette vil eg ikkje ha sagt at Guds ord har vorte om inkje. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til, og ikkje alle som er ætta frå Abraham, er Abrahams born. Det står då: Gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di. Det vil seia: Det er ikkje naturleg nedætting som gjer nokon til Guds born. Det er dei som er born etter lovnaden, som skal reknast for Abrahams ætt. For dette er eit lovnadsord: Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son. Og dette er ikkje alt. Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, ættefar vår. Før dei var fødde, då dei korkje hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå ved lag, og den er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar. Det står då skrive: Jakob hadde eg kjær, men mot Esau hadde eg uvilje. Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå! For til Moses seier han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast over den som eg ynkast over. Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som gjer miskunn. For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det av di eg ville syna mi makt på deg og la mitt namn verta kunngjort over heile jorda. Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil. No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?» Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til meisteren: «Kvifor laga du meg slik?» Eller har ikkje krusmakaren makt over leiret, så han av same deigen kan laga eit kar til ære og eit anna til vanære? Og endå Gud ville syna sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort langmod tolt dei kar som var under vreiden, dei som var laga for å gå til grunne. Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei kar som han ville syna miskunn, dei som han føreåt hadde gjort ferdige til herlegdom. Oss òg har han kalla til å vera slike kar, ikkje berre mellom jødane, men mellom dei andre folkeslaga òg. Som han seier hjå Hosea: Dei som ikkje er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som eg ikkje elska, vil eg kalla den som eg elskar. Og på den staden ¬der det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal dei kallast borna åt den levande Gud. Og Jesaja ropar ut over Israel: Om Israel var så talrikt ¬som havsens sand, skal berre ein rest verta frelst. Det Herren har sagt, ¬skal han gjera på jorda; han avgrensar, ¬men fullfører det. Og som Jesaja før har sagt: Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud, late ei ætt vera att åt oss, då var vi som Sodoma, då likna vi Gomorra. Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje streva etter rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru. Israel derimot tøygde seg etter lova med hennar rettferd, men dei nådde ikkje opp til lova. Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen, som det står skrive: Sjå, eg legg på Sion ¬ein støytestein og eit berg til fall. Men den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn. Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud. For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud. Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod! Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. Har dei ikkje høyrt? spør eg. Jau, sanneleg: Røysta deira har nått ¬over heile jorda, deira ord til heimsens endar. Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Fyrst seier Moses: Eg vil eggja dykk til misunning mot dei som ikkje er eit folk, på eit uvitug folk vil eg ¬gjera dykk harme. Og Jesaja går så langt at han seier: Eg vart funnen av dei ¬som ikkje søkte meg; eg openberra meg for dei som ikkje spurde etter meg. Men om Israel seier han: Heile dagen rette eg ut ¬mine hender til eit ulydig og trassig folk. No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein. Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet. Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al. På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut. Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde. Kva så? Det Israel strevar etter, har dei ikkje nått, men dei utvalde har nått det. Dei andre har vorte forherda, som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløv ånd, augo som ikkje ser ¬og øyro som ikkje høyrer, heilt til denne dag. Og David seier: Lat bordet deira verta ei snare ¬og ei felle, så dei snåvar og får ¬si straff. Lat augo deira dimmast, så dei ikkje kan sjå, og lat ryggen deira vera bøygd ¬for alltid. Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei. Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal? No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant som eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt; og eg gjer det med den von at eg kan gjera landsmennene mine misunnelege og frelsa nokre av dei. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde! Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.» Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller. Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive: Frå Sion ¬skal bergingsmannen koma, han skal rydja gudløysa bort ¬frå Jakob, og dette er den pakt eg vil gjera ¬med dei når eg tek bort syndene deira. På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle. Å, for eit djup av rikdom og visdom og skjøn hjå Gud! Kor uransakelege ¬hans domar er, og kor ufattelege hans vegar! Kven kjende Herrens tankar, eller kven var rådgjevaren hans? Kven gav han noko fyrst, så han skulle få vederlag? Av han og ved han og til han ¬er alle ting. Han skal ha ære i all æve! ¬Amen. Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde. Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje. Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt. Ver samlyndte, trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er for alle menneske. Er det råd, så hald fred med alle menneske, så langt det står til dykk. Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat straffa til Gud. For det står skrive: Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld, seier Herren. Men det står òg: Er din uven svolten, ¬så lat han få mat, er han tyrst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du gloande kol ¬på hovudet hans. Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode! Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. Den som set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer, skal få sin dom. Dei som styrer, er inga skræmsle for den som gjer godt, men for den som gjer vondt. Vil du sleppa å vera redd styremakta? Gjer det som godt er, og ho kjem til å rosa deg. For styremakta er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd; for ho ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som set hans dom iverk over den som gjer det vonde. Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet. Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av. Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære. Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. For boda: Du skal ikkje bryta ekteskapet, Du skal ikkje slå i hel, Du skal ikkje stela, Du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det så kan vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Den som har kjærleik, gjer ikkje nesten noko vondt. Difor er kjærleiken oppfylling av lova. De veit kor langt det lid: Timen er komen då de lyt vakna opp or svevnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til tru. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som høyrer mørkret til, og ta på oss dei våpen som høyrer ljoset til. Lat oss fara sømeleg fram som på ljose dagen, ikkje i svir og drikk, ikkje i hor og sedløyse, ikkje i strid og misunning. Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsut for lekamen at det kveikjest lyster. Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans. Éin har tru til å eta alt, den veike et berre grønsaker. Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje gjer det. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje døma den som gjer det. For Gud har teke imot han. Kven er du som dømer annan manns tenar? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal verta ståande, for Herren har makt til å halda han oppe. Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar for like. Men kvar skal vera fullt overtydd om sitt eige syn. Den som aktar ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren; han takkar då Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud. For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre både over levande og døde. Men du, kvifor dømer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol, for det står skrive: Så visst som eg lever, ¬seier Herren, for meg skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal prisa Gud. Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv. Så lat oss ikkje lenger døma kvarandre! Døm heller så at ingen skal føra ein bror til å snåva eller falla. I trua på Herren Jesus veit eg, ja, er fullviss om at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint. Gjer du bror din sorg med maten du et, då fer du ikkje fram i kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din. Lat ikkje det gode de eig, verta til spott. For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande. Den som tener Kristus på denne måten, han er til hugnad for Gud og har vørdnad hjå menneske. Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til oppbygging oss imellom! Riv ikkje ned Guds verk av omsyn til mat. Visst er alt reint, men det er noko vondt for det mennesket som et og kjenner det som eit fall. Det er rett å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som fører bror din til fall. Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds åsyn. Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv med det han vel å gjera. Men den som et med tvil, han er dømd fordi han ikkje gjer det i tru. Alt som ikkje er av tru, er synd. Vi som er sterke, må bera veikskapen åt dei veike og ikkje berre tenkja på oss sjølve. Kvar og ein av oss skal tenkja på nesten og gjera det som er til gagn for han, og som tener til oppbygging. For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv; han oppfylte det som står skrive: Spottorda frå dei ¬som spotta deg, har falle på meg. Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev. Måtte Gud sjølv, han som gjev tolmod og trøyst, gjera dykk samlyndte etter Kristi Jesu vilje. Då kan de samhuga og med ei røyst prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far. Difor skal de ta imot kvarandre, liksom Kristus tok imot oss, til Guds ære. Eg seier dykk at Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at det Gud har sagt, er sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk. Men dei andre folka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive: Difor vil eg lova deg ¬mellom folka og prisa ditt namn. Og ein annan stad heiter det: Gled dykk, de folkeslag, ¬saman med hans folk! Og endå ein annan stad: Lovsyng Herren, alle folk, pris han, alle ætter! Og Jesaja seier: Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg ¬og rår over folka, til han skal folkeslaga ¬setja si von. Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft. Eg har den tru om dykk, mine brør, at de er fylte av godleik, og at de har kunnskap nok, så de jamvel kan rettleia kvarandre. Likevel har eg her og der skrive heller djervt for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg: at eg skal vera Kristi Jesu prest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan verta eit offer til hugnad for Gud, helga ved Den Heilage Ande. I Kristus Jesus kan eg prisa meg lukkeleg fordi eg har denne tenesta for Gud. Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort ved meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning, ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg då fullført forkynninga av Kristi evangelium, frå Jerusalem og rundt ikring heilt til Illyria. Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt, men som skrive står: Dei som ikkje har fått ¬bodskapen om han, ¬skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, ¬skal skjøna. Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk. Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg fer framom, og at de hjelper meg med det eg treng til ferda dit, når eg fyrst har fått gledt meg ei stund i samværet med dykk. Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der. Kyrkjelydane i Makedonia og Akaia har sett seg føre å samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem. Det vil dei gjerne gjera, og står då òg i skuld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med timelege gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver. Når eg har fullført dette, og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, vil eg fara til Spania, og då legg eg vegen om dykk. Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning. Eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik som Anden gjev: Strid saman med meg i bøn til Gud for meg. Bed om at eg må verta berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg har med. Då kan eg, om Gud så vil, koma til dykk med glede, og få kvila ut saman med dykk. Fredens Gud vere med dykk alle! Amen. Eg vil leggja inn eit godt ord hjå dykk for Føbe, syster vår; ho gjer teneste i kyrkjelyden i Kenkreæ. Ta imot henne i Herren, som det sømer seg for kristne. Gjev henne den hjelp ho treng å få av dykk. Sjølv har ho vore til hjelp for mange, for meg òg. Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristi Jesu teneste. Dei våga livet for å berga meg. Det har ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne kyrkjelydane grunn til å takka dei for. Helsa òg kyrkjelyden som samlast heime hjå dei. Helsa min kjære Epainetos; han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia. Helsa Maria, som har arbeidt så mykje for dykk. Helsa Andronikus og Junias, landsmennene mine, som har sete i fengsel saman med meg. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei vart kristne før meg. Helsa Ampliatus, min kjære kristne ven. Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristi teneste, og min kjære Stakys. Helsa Apelles, han som har stått si prøve som kristen. Helsa Aristobolus og huslyden hans. Helsa Herodion, landsmannen min. Helsa dei kristne i huslyden hjå Narkissos. Helsa Tryfena og Tryfosa som arbeider for Herren. Helsa den kjære Persis, som har arbeidt så mykje for Herren. Helsa Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg. Helsa Asynkritos, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne som er saman med dei. Helsa Filologus og Julia, Nerevs og syster hans og like eins Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei. Helsa kvarandre med ein heilag kyss. Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk. Eg legg dykk på hjarta, brør: Hald auga med dei som går imot den læra de har motteke, og med det skaper usemje og fører andre til fall. Hald dykk frå dei. Slike menneske tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk. Med fine ord og lokkande tale fører dei godtruande menneske på avveg. Men alle har høyrt om den lydnad de syner, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det som godt er, og uskyldige i det som vondt er. Gjev fredens Gud snart må knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk! Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk. Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren. Gaius, som er vert for meg og heile kyrkjelyden, helsar dykk. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, like eins Kvartus, bror vår. Vår Herre Jesu Kristi nåde være med dere alle! Amen. Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider, men som no er komen for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er han no kunngjord for alle folkeslag for å føra dei til lydnad og tru. Han, den einaste vise Gud, skal ha ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen. Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Jesu Kristi apostel, og bror vår Sostenes helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Eg takkar alltid Gud for dykk, for den nåde han har gjeve dykk i Kristus Jesus. I han har de vorte rike på alt, på all tale og all kunnskap; vitnemålet om Kristus står då òg urikkande fast hjå dykk. Difor vantar de ikkje noka nådegåve, medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg. Han skal òg styrkja dykk til enden kjem, så de kan stå ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag. Gud er trufast, han som har kalla dykk til samfunn med Son sin, Jesus Kristus, vår Herre. Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan. Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. For det står skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og gjera til inkjes klokskapen ¬hjå dei kloke. Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren. Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. Men det står skrive: Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. For kven kjende Herrens hug, så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug. Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske? Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise ¬i deira eiga list, og ein annan stad: Herren kjenner tankane ¬åt dei vise og veit at dei ingenting er. Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til. Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar. Og av hushaldarar krevst det at dei er true. Men for meg har det ingen ting å seia om eg vert dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol i det heile. Ja, eg dømer ikkje meg sjølv eingong. Rett nok veit eg ikkje av å ha gjort nokon urett; men dermed er eg ikkje frikjend. Herren er den som dømer meg. Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal føra fram i ljoset det som er løynt i mørkret, og avsløra det menneska ber i hjarta. Då skal kvar og ein få si ros av Gud. No, brør, har eg bruka meg sjølv og Apollos til døme for dykkar skuld. For eg vil de skal læra av oss at de ikkje må gå ut over det som er skrive, så ingen skal blåsa seg opp og ta parti for den eine mot den andre. Kven seier at du står over andre? Kva har du som du ikkje har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det? Men de er alt mette. De har alt vorte rike, ja, de har alt vorte kongar. Vi er det ikkje. Eg skulle ynskja at de alt var kongar, så vi kunne styra saman med dykk! For eg tykkjer at Gud har gjeve oss apostlar den ringaste plassen. Vi har vorte som dødsdømde, vi har vorte eit skodespel for verda, både for englar og for menneske. Vi er dårar for Kristi skuld. De er dei kloke kristne. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam. Til denne dag har vi mått tola både svolt og torste; vi vantar klede, vert slegne, dreg heimlause ikring frå stad til stad, og vi strevar for å livberga oss med det vi gjer med våre hender. Vi velsignar når vi vert utskjelte; vi held ut når vi vert forfylgde, og vi svarar venleg når nokon spottar oss. Vi har vorte som utskot i verda, som verdlaust skrap for alle – til denne dag. Eg skriv ikkje dette for å føra skam over dykk, men eg vil visa dykk til rettes sidan de er mine kjære born. For om de som kristne har tusen lærarar, har de ikkje mange fedrar. Det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet. Så legg eg dykk på hjarta: Ta meg til førebilete! Og difor var det eg sende Timoteus til dykk, den kjære og trufaste son min i trua på Herren; han skal minna dykk om mine vegar i Kristus Jesus, såleis som eg lærer alle stader i kvar kyrkjelyd. Nokre av dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem att. Men eg kjem snart, om Herren vil. Då får eg læra å kjenna, ikkje orda, men krafta hjå desse oppblåsne folka. For Guds rike er ikkje ord, men kraft. Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og ein mild hug? Beint ut sagt: Ein høyrer om hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje eingong vert tolt hjå heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin. Og de er hovmodige! De skulle heller syrgja, så den som har gjort dette, kunne verta utstøytt ifrå dykk. For eg, som er fråverande med lekamen, men hjå dykk i ånda, eg har alt felt domen over den skuldige, som om eg var til stades: De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss. Då skal denne mannen overgjevast til Satan og lekamen hans verta øydelagd, så ånda kan verta frelst på Herrens dag. De har sanneleg ikkje mykje å rosa dykk av! Veit de ikkje at litt surdeig syrer heile deigen? Reinsa ut den gamle surdeigen, så de kan vera ein ny deig! De er då som usyrt brød. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød. I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha noko å gjera med folk som lever i hor. Då meinte eg ikkje alle som driv hor her i verda, heller ikkje dei pengekjære, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut or denne verda. Det eg meinte, var at de ikkje skal ha samkvem med nokon som vert kalla kristen bror, men er ein horkar, havesjuk, avgudsdyrkar, spottar, drikkar eller ransmann. Eit slikt menneske skal de heller ikkje eta i lag med. Kva har vel eg med å døma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor de skal døma? Dei som står utanfor, skal Gud døma. Så støyt då den vonde ut ifrå dykk! Når ein av dykk har sak mot ein bror, korleis kan han då våga å leggja henne fram for heidningar og ikkje for dei heilage? Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker? Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera. Men når de har slike saker, korleis kan de då setja folk som kyrkjelyden ser ned på, til domarar? De skulle skjemmast! Finst det ikkje eit einaste vitug menneske hjå dykk som kan skifta rett mellom brørne sine? Nei, bror fører sak mot bror, og det for vantruande domarar. Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap? Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør. Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette, korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike. Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande. Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen. Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå! Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.» Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud! Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne. Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann. Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen. Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona. Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande. Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod. Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så. Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei vert verande som eg. Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst. Dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin. Men om ho skil seg, skal ho leva ugift, eller semjast med mannen. Og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si. Til dei andre seier eg – dette er mine ord, ikkje Herrens: Om ein kristen bror har ei vantruande kone, og ho samtykkjer i å bu saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne. Og om ei kone har ein vantruande mann, og han samtykkjer i å bu saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen. For den vantruande mannen vert helga ved kona, og den vantruande kona vert helga ved mannen fordi han er ein kristen bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage. Men vil den vantruande skilja seg, så lat han gjera det. I slike høve er ikkje ein kristen mann eller ei kristen kone bundne. Gud har kalla oss til fred. For kva veit du, kone, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di? Elles bør kvar og ein halda fram der Herren har sett han i livet, der han var då Gud kalla han. Denne føresegna gjev eg i alle kyrkjelydane. Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje gjera noko med det. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera. Det har ikkje noko å seia om ein er omskoren eller ikkje, men om ein held Guds bod. Kvar og ein skal verta verande i det kall han hadde då han vart kalla. Var du træl då du vart kalla? Ta ikkje det så tungt! Men kan du verta fri, så vel heller det. For den som var træl då Herren kalla han, han er Herrens frigjevne. På same måte har den som var fri mann då han vart kalla, vorte Kristi træl. De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske. Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud. Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru. På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift. Er du bunden til ei kone, så prøv ikkje å verta fri. Er du ikkje bunden, så prøv ikkje å finna deg ei kone. Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som det gjer, kjem til å møta mange vanskar, og eg ville gjerne spara dykk. Men det seier eg dykk, brør: Tida er kort. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde, dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje åtte det, og dei som brukar det som er i verda, som om dei ikkje bruka det. For denne verda, slik ho er, går under. Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad. Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad; og så vert hugen delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsut for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på lekam og sjel. Men den gifte kvinna har omsut for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera mannen til hugnad. Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje setja ei snare for dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast til Herren utan at noko dreg dykk bort. Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det. Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og har teke den avgjerda å la jenta vera som ho er, han gjer vel i det. Så gjer den rett som gifter seg med jenta si, og den som ikkje gifter seg, gjer betre. Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren. Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg trur at eg òg har Guds Ande. Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp. Om einkvan meiner at han har kunnskap om noko, då veit han ikkje det han burde vita. Men den som elskar Gud, er kjend av han. Når det gjeld det å eta kjøt som har vore ofra til avgudane, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda; det er berre éin Gud og ingen annan. Rett nok finst det, både i himmelen og på jorda, dei som vert kalla gudar, og det er jamvel mange slike «gudar» og «herrar». Men for oss finst det berre éin Gud, Faderen. Av han er alle ting, og vi er skapte til han. Og for oss er det berre éin Herre, Jesus Kristus. Ved han er alle ting, og vi lever ved han. Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et dette kjøtet som avgudsoffer, fordi dei til no har vore vane å dyrka avgudane. Så vert det veike samvitet deira ureint. Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et. Men sjå til at den fridomen de her har, ikkje fører dei veike til fall! Om nokon ser at du som har kunnskap om dette, sit til bords i eit avgudstempel, vert ikkje då samvitet åt den veike påverka, så han et offerkjøt? Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for. Men når de såleis syndar mot brørne og sårar det veike samvitet deira, syndar de mot Kristus sjølv. Dersom mat fører bror min til fall, då vil eg i all æve ikkje eta kjøt! For eg vil ikkje føra bror min til fall. Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren? Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelembetet mitt i Herren. Dette er mitt forsvar mot dei som dømer meg. Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke? Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas? Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida? Kven er soldat på eigen kostnad? Kven plantar ein vingard utan å få eta av frukta? Eller kven gjæter ein buskap utan å drikka av mjølka frå denne buskapen? Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova det same? I Moselova står det: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsut for? Er ikkje dette sagt med tanke på oss? Jau, det er for vår skuld det er skrive. For den som pløyer, skal gjera det med von, og den som treskjer, skal gjera det med von om å få sin del. Har vi sått dei åndelege ting hjå dykk, er det då for mykje om vi haustar dykkar timelege ting? Om andre har denne retten hjå dykk, skulle ikkje vi ha han endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. Veit de ikkje at dei som gjer teneste i templet, lever av det som kjem inn til templet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som vert ofra? På same måten har Herren fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet. Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av. For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet! Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd. Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg. Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd. For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova. For dei som er utan lov, har eg vore som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov. For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i det minste kan frelsa nokre. Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det. Veit de ikkje at på idrettsbanen er alle med og tevlar, men berre ein får sigersprisen. Spring då slik at de vinn prisen! Ein idrettsmann må nekta seg alt. Han gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi ein uforgjengeleg. Så spring eg ikkje utan mål; eg fektar ikkje som den som slår i lause lufta. Men eg er hard med meg sjølv og tvingar kroppen min, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal verta funnen uverdig. Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, og alle åt dei den same åndelege maten og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus. Likevel hadde ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka. Desse hendingane peikar fram mot vår tid; dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, liksom dei hadde. De må heller ikkje verta avgudsdyrkarar liksom nokre av dei. For det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa. Lat oss heller ikkje driva hor liksom nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag. Heller ikkje må vi setja Herren på prøve, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av ormane. Og de må ikkje vera misnøgde og klaga, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av tyningsengelen. Det som hende dei, skulle vera til åtvaring; det er skrive til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne. Difor må den som trur at han står, sjå til at han ikkje fell. De har ikkje møtt noka freisting som menneske ikkje kan stå imot. Og Gud er trufast; han skal ikkje la dykk verta freista over evne; men han skal gjera både freistinga og utgangen slik at de kan halda det ut. Difor, mine kjære, hald dykk frå avgudsdyrking! Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! Velsignings-kalken som vi velsignar, gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet. Sjå på Israels-folket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? Kva meiner eg så? At avgudsoffer gagnar, eller at ein avgud er noko? Nei, det heidningane ofrar, ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha samfunn med vonde ånder. De kan ikkje drikka både Herrens kalk og kalken åt vonde ånder. De kan ikkje vera med ved Herrens bord og ved bordet åt vonde ånder. Eller torer vi eggja Herren til harme? Er vi sterkare enn han? Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp. Ingen må søkja sin eigen bate, men det som batar den andre. Alt som vert selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt. «For jorda og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.» Om ein vantruande bed dykk til seg, og de gjerne vil gå, så et med godt samvit alt som vert sett fram for dykk, utan å spørja etter. Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld. Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømast av annan manns samvit? Om eg et dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for? Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære! Lat korkje jøde eller grekar eller Guds kyrkje få noko å støyta seg på! Eg prøver å vera alle til lags. Eg søkjer ikkje det som gagnar meg sjølv, men det som gagnar andre, så dei kan verta frelste. Ha meg til førebilete liksom eg har Kristus til førebilete! Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringar som eg har gjeve vidare til dykk. Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus. Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, han vanærar hovudet sitt. Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er det same som om ho var snauklypt. Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klyppa håret av seg! Men sømer det seg ikkje for ei kvinne å klyppa eller raka håret av seg, då må ho ha hovudbunad. Mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære. For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen. Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld. Difor skal kvinna, for englane skuld, ha hovudbunad til eit teikn på mynde. Men i Herren er ikkje kvinna noko utan mannen, og mannen er heller ikkje noko utan kvinna. For liksom kvinna vart til av mannen, så vert mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud. Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet? Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår, medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør. Men vil nokon skapa strid, så skal han vita at den sedvanen har ikkje vi, og heller ikkje Guds kyrkjelyd. Når eg no gjev dykk mine påbod, er det ein ting eg ikkje kan rosa dykk for: De kjem saman på ein slik måte at det ikkje vert til gagn for dykk, men til skade. For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk når de samlast i kyrkjelyden, og eg trur at det er noko i det. For det må vera serflokkar hjå dykk, så det kan verta klårt kven det er som held mål. Når de då kjem saman, er det ikkje Herrens måltid de held. For når de held måltid, sit kvar og ein med sin eigen mat, og den eine er svolten, medan den andre fyller seg. Kan de ikkje eta og drikka heime? Eller vanvørder de Guds kyrkjelyd og lèt dei skjemmast som ingenting har? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje. For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk: Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda. Difor, mine brør: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre! Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om det andre skal eg gje føresegner når eg kjem. Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei. De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit. Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna er Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den Heilage Ande. Det er skil på nådegåver, men Anden er den same. Det er skil på tenester, men Herren er den same. Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle. Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn. Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap. Éin får ei serskild trusgåve ved den same Ande, ein annan får den nådegåva å lækja ved den eine og same Ande, og éin får kraft til å gjera mektige gjerningar. Éin får den gåva å tala profetisk, ein annan gåva å prøva ånder, éin får tungetale av ulikt slag, ein annan å tyda tungetalen. Alt dette verkar den eine og same Ande, som deler ut sine gåver til kvar einskild, som han vil. For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka. For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange. Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer han like fullt med til lekamen. Og om øyra ville seia: «Fordi eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer det like fullt med til lekamen. Dersom heile lekamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på lekamen, så som han ville det. Dersom dei alle var éin lem, kvar vart det då av lekamen? Men no er det mange lemer, men berre ein lekam. Auga kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». Tvert imot! Dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. Og dei lemene på lekamen som vi tykkjer er mindre ære verde, dei viser vi di større ære, og dei lemene som vi blygjest ved, kler vi med endå større sømd; dei andre treng det ikkje. Men Gud har sett lekamen såleis saman at han gav det ringaste størst ære, så det ikkje skal vera strid i lekamen, men at lemene skal ha same omsut for kvarandre. For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem vert æra, gleder alle dei andre seg. Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han. I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag. Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar? Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen? Men streva etter dei største nådegåvene! Og eg skal visa dykk den beste vegen: Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting. Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken. Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela? Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid? Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret. Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining. Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden! Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne. Det står skrive i lova: Gjennom folk med anna språk og med framandt tungemål skal eg tala til dette folket; men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg, seier Herren. Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande. Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!» Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt. Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia. For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning. Profetar har herredøme over åndene som talar i dei. For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier. Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden. Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome? Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken. Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til! Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. Ved det vert de frelste dersom de held fast på det ordet eg forkynte – så sant de ikkje til fånyttes har kome til tru. For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene ¬våre etter skriftene, at han vart gravlagd, at han stod opp att ¬tredje dagen etter skriftene, og at han synte seg for Kefas ¬og deretter for dei tolv. Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd. For eg har arbeidt meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru. Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp? For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp. For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar. Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus. Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde. For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter». Den siste fienden som vert tynt, er døden. For «alt har han lagt under hans føter». Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle. Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom dei døde ikkje står opp, kvifor lèt dei seg då døypa for dei? Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen? Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre. Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så «lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi»! Far ikkje vilt! «Låkt lag øyder gode seder.» Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det. Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?» Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre. Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt. Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de gjera det på same måten som eg gav påbod om til kyrkjelydane i Galatia. Fyrste dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hjå seg sjølv det han får lukke til, så innsamlinga ikkje skal ta til fyrst når eg kjem. Når eg så kjem, skal eg senda dei som de har valt til det, med brev, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem. Og skulle det syna seg best at eg òg reiser, kan dei fara saman med meg. Eg kjem til dykk når eg har vore i Makedonia; for Makedonia skal eg gjennom. Men hjå dykk vert eg nok verande ei tid, kanskje vinteren over. Så kan de rusta meg ut til ferda vidare, kvar ho så går. Denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre for nokre dagar, men eg vonar å kunna stogga ei tid, om Herren gjev meg lov. I Efesos vil eg drya til pinse. Her står døra vidopen for meg til ei rik verksemd, og det er mange motstandarar. Når Timoteus kjem, må de syta for at han kan kjenna seg trygg hjå dykk. Han gjer Herrens gjerning liksom eg. Difor skal ingen sjå ned på han. Hjelp han i veg, og lat han fara med fred, så han kan koma til meg. Eg og brørne ventar på han. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg at han må fara til dykk saman med dei andre brørne. Men han er slett ikkje viljug til å reisa no; han kjem så snart han får høve til det. Ver vakne, og stå faste i trua! Ver djerve og sterke! Lat alt de gjer, gå føre seg i kjærleik! Endå ein ting legg eg dykk på hjarta, brør. De veit at huslyden til Stefanas var dei fyrste som vart vunne i Akaia, og at dei har vigt seg til å tena dei heilage. De òg må retta dykk etter slike som dei, og etter kvar medarbeidar som gjer si gjerning. Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er komne. Det har vege opp saknet av dykk. For dei har sett nytt mot både i meg og dykk. Menn som dei skal de syna vørdnad. Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og kyrkjelyden som samlast heime hjå dei, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn. Alle brørne her sender si helsing. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. Om nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Marana ta! Herren Jesu nåde vere med dykk! Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus. Paulus, som etter Guds vilje er Jesu Kristi apostel, og Timoteus, bror vår, helsar Guds kyrkjelyd i Korint og alle dei heilage i heile Akaia. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, den Gud som har all trøyst å gje. Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst vi sjølve får av Gud. For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, så vert vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus. Lid vi vondt, er det for at de skal få trøyst og frelse. Vert vi trøysta, er det for at de skal få den trøyst som gjer at de held ut i dei same lidingar som vi må tola. Og vår von for dykk er fast. For vi veit at liksom de har del i lidingane, har de òg del i trøysta. Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi laut lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera; vi tvila jamvel på om vi kunne berga livet. Vi kjende oss alt som dødsdømde, for vi skulle ikkje lita på oss sjølve, men på Gud som reiser opp dei døde. Men han berga oss frå den visse død, og han skal atter gjera det. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt. Og de må koma oss til hjelp med bønene dykkar. Når mange bed, vil det frå mange munnar stiga opp takk for Guds nådige hjelp og for alt det han har gjort for oss. For det kan vi rosa oss av og seia med godt samvit: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein heilagdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde. For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og skjøna. Og eg vonar at de fullt ut skal læra å skjøna det som de nok har forstått ein del av, at vi skal vera dykkar ære liksom de skal vera vår på vår Herre Jesu dag. I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk fyrst, så de endå ein gong skulle få oppleva nåden. Eg ville vitja dykk både på ferda til Makedonia og på vegen attende derifrå, og så kunne de gje meg det eg trong på ferda til Judea. Var dette ansvarslaus framferd? Eller legg eg planar ut frå menneskelege omsyn, så eg seier både ja og nei på same tid? Så visst som Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samstundes ja og nei. For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja. For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære. Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre. Eg tek Gud til vitne – han som rår for livet mitt: Det er for å spara dykk at eg enno ikkje er komen til Korint. Ikkje så at vi vil vera herrar over trua dykkar, for de er faste i trua. Men vi er medarbeidarar som vil gjera dykk glade. Eg hadde sett meg føre at eg ikkje ville koma til dykk og valda dykk sorg ein gong til. For om eg valdar dykk sorg, då gjer eg nett dei sorgfulle som kunne gjera meg glad. Og just difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og få sorg av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede. I stor naud og med angst i hjarta skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Det var ikkje for å gjera dykk sorgfulle eg skreiv, men for at de skulle skjøna kor glad eg er i dykk. Sant nok, det er ein som har valda sorg. Likevel er det ikkje meg han har gjort sorg, men dykk alle – meir eller mindre, for ikkje å seia for mykje. Men den mannen har fått straff nok i og med det som dei fleste la på han. No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje skal gå under i endå tyngre sorg. Difor bed eg dykk at de må møta han med kjærleik. Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt. Den som de tilgjev, han tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, så har eg for Kristi åsyn tilgjeve det for dykkar skuld, så vi ikkje skal verta dåra av Satan. For vi veit kva han vil. Då eg kom til Troas og skulle forkynna Kristi evangelium, fann eg ei open dør i arbeidet mitt for Herren. Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor bad eg farvel med dei og fór til Makedonia. Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. For vi er Kristi gode ange for Gud, mellom dei som vert frelste, og mellom dei som går fortapt; for dei som går fortapt, ein ange av død til død, for dei som vert frelste, ein ange av liv til liv. Kven er vel dugande til dette? Vi er i alle fall ikkje lik dei mange som forfalskar Guds ord og driv handel med det. Men med rein hug, sende av Gud og for Guds åsyn talar vi i Kristus. Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk? Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto. Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande? Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande. Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære. Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større. Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig. For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen. For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne. Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet. Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren. For vi ferdast i tru, ikkje i syn. Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren. Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad. For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt. Fordi vi kjenner otten for Herren, prøver vi å vinna menneske, medan livet vårt ligg ope for Gud. Eg vonar òg at det ligg ope for dykkar samvit. Vi kjem ikkje atter til dykk med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta. For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk. For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei. Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han. Som hans medarbeidarar legg vi dykk på hjarta at de ikkje til unyttes må ta imot Guds nåde. For han seier: I rette tid bønhøyrde eg deg, på frelsesdagen hjelpte eg deg. Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen! Og vi vil ikkje gje menneske grunn til å støyta seg på noko, så tenesta ikkje skal verta spotta. I alt viser vi oss som Guds tenarar: med tolmod i trengsler, i naud og i angst, under slag, i fengsel og i opprør, i hardt arbeid, i nattevòke og svolt. Vi går fram med reinleik og visdom, med langmod og godleik, i Den Heilage Ande, med kjærleik utan svik, med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand, i ære og vanære, om vi får lastord eller lovord. Dei seier at vi fører folk vilt, men vi talar sant, vi er ukjende, men kjende av alle, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi vert slegne, men ikkje ihelslegne, vi syrgjer, men er alltid glade, vi er fattige, men gjer mange rike, vi har ingen ting, men eig alt. Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjarta vårt. De har det ikkje trongt hjå oss; det er i dykkar hjarta det er trongt. Men gjev oss likt for likt – eg talar som til born: Vidka de òg ut hjarto dykkar! Gå ikkje i framandt åk med vantruande! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva samfunn har ljos med mørker? Korleis kan Kristus og Beliar semjast? Kva sameinar ein truande og ein vantru? Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel. Gud har då sagt: Eg vil bu og ferdast mellom dei; eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. Difor seier Herren: Dra bort frå dei, og skil dykk frå dei, ikkje rør noko ureint! Då vil eg ta imot dykk; eg vil vera ein far for dykk, og de skal vera mine søner ¬og døtrer, seier Herren, Den Allmektige. Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud. Gjev oss rom i hjarto dykkar! Ingen har vi gjort urett, ingen har vi øydelagt, ingen har vi gått for nær. Eg seier ikkje dette for å døma dykk. Eg har då alt sagt at de er i hjarto våre; vi høyrer saman i liv og død. Stor er mi tiltru til dykk, og storleg rosar eg meg av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og er fylt av glede midt i alle trengsler. Då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre vanskar; det var strid ikring oss og angst i oss. Men Gud som trøystar dei nedbøygde, gav oss nytt mot då Titus kom, ikkje berre med at han kom, men òg fordi han hadde fått nytt mot hjå dykk. Han fortalde korleis de lengta og trega, og kor heilhuga de no står saman med meg. Dette gledde meg endå meir. Om eg gjorde dykk sorg med brevet mitt, så angrar eg ikkje på at eg skreiv det. Ei stund angra eg nok på det, for eg veit at brevet gjorde dykk sorgfulle med det same. Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorg, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade. For sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg fører til død. For sjå, det at de fekk sorg etter Guds vilje, kor stor ihuge skapte ikkje det, ja, otte, harme og forsvar, lengting, alvor og vilje til å straffa. På alle måtar har de synt at de er utan skuld i denne saka. Då eg skreiv til dykk, var det ikkje for hans skuld som hadde gjort urett, heller ikkje for hans skuld som hadde lide urett. Eg skreiv for at det skulle verta klårt for dykk for Guds åsyn at de vil stå saman med meg. Alt dette gav oss nytt mot. Og ei endå større glede var det å sjå kor glad Titus var. De har alle vore med og gjort han roleg i hugen. Så når eg har rosa dykk for han, har eg ikkje vorte til skammar. Men liksom eg alltid har tala sant til dykk, så har våre rosande ord til Titus òg vist seg å vera sanning. Hjarta hans slår endå varmare for dykk no når han tenkjer på kor lydige de alle var, korleis de tok imot han med otte og age. Eg gleder meg over at eg i eitt og alt kan lita på dykk. No skal de få høyra, brør, om den nåde Gud har synt kyrkjelydane i Makedonia. Dei har vore hardt prøvde, men den overstrøymande gleda deira og den djupe fattigdomen har gjort dei rike og viljuge til å gje. For dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det friviljug. Dei bad inderleg om lov til å få vera saman med oss i denne tenesta for dei heilage. Og dei gav ikkje berre så som vi vona, men dei gav seg sjølve, fyrst til Herren og så til oss, som Gud vil det. Difor bad vi Titus gjera ferdig den gåva som han før hadde teke til å samla inn hjå dykk. Men liksom de er rike på alt, på tru og tale, kunnskap og iver, og på den kjærleiken som de eig og har fått av oss, så må de òg med denne gåva syna kor rike de er. Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hjå dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte. De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike. Eg seier mi meining om dette; det kan vera til gagn for dykk, de som i fjor gjekk inn i arbeidet og la godviljen til. No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var viljuge til å gå i gang, må de no vera viljuge til å fullføra, alt etter den råd de har. For når den gode viljen er der, skal han verdsetjast etter det ein har og ikkje etter det ein ikkje har. For det er ikkje så meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt. Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Då vert det likskap, som skrive står: Den som fekk mykje, hadde ikkje meir enn han trong, og den som fekk lite, vanta ikkje noko. Men Gud vere takk, som har vekt den same omsut for dykk hjå Titus òg. Han sa ja då eg bad han, og vart så ihuga at no reiser han til dykk etter eige ynske. Saman med han sender vi den broren som får ros i alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet. Ja, ikkje berre det, men kyrkjelydane har valt han ut til å reisa saman med oss og bera fram den gåva som vi har samla inn for å fremja Herrens ære og visa vår gode vilje. På den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store gåva som vi har hand om. For vi legg vinn på å gjera det som rett er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske. Saman med desse to sender vi endå ein av brørne våre. Ofte og på mange måtar har han synt oss kor ihuga han er, og ettersom han har stor tiltru til dykk, er han di meir ihuga etter å koma i gang. Når det gjeld Titus, så kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hjå dykk. Og dei andre brørne, dei er utsendingar frå kyrkjelydane og Kristi ære. Vis dei no den kjærleiken de har, og lat dei og alle kyrkjelydane få sjå at det er med rette eg har rosa dykk. No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage; for eg veit kor viljuge de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har halde dykk budde sidan i fjor. Og iveren dykkar har sett fart i mange. No sender eg desse brørne til dykk, så det skal syna seg at det ikkje var tome ord vi fór med, når vi rosa dykk for dette, men at de er førebudde, som eg har sagt. Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna dykk ubudde; då fekk vi berre skam av dette tiltaket – for ikkje å snakka om dykk. Difor fann eg det naudsynleg å be brørne fara til dykk føreåt, og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei frukt av velsigning og ikkje av tvang. Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust. Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. For det står skrive: Han strøydde ut ¬og gav til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara. Han som gjev «såmannen såkorn og brød til å eta», han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor. De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud, når vi ber fram gåva. For denne tenesta, som òg er ei gudsteneste, er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg syna kor rik ho er ved at mange takkar Gud. Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle dei andre. Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk fordi Gud har gjeve dykk denne rike nåden. Gud vere takk for si useielege gåve! Eg, Paulus, som er så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg påminner dykk med Kristi spaklynde og mildskap. Eg bed dykk at eg må få sleppa å visa kor modig eg er når eg no kjem til dykk! For eg skal syna kor fast og djerv eg er mot dei som seier at vi lèt oss driva av reint menneskelege motiv! Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad. Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja seg om ein gong til og skjøna at det gjer vi òg, ikkje berre han. Eg òg kunne rosa meg av den fullmakt Herren har gjeve oss til å byggja opp, men ikkje til å riva ned hjå dykk. Eg ville i så fall få rett, og det skulle verta klårt at det ikkje er berre for å skræma dykk at eg skriv desse breva. «For breva,» seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.» Den som meiner det, han skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hjå dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte. Vi vågar ikkje å rekna oss til dei som gjev seg sjølve lovord. Vi samanliknar oss ikkje med dei. Når dei mæler seg med seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, syner det berre kor uvituge dei er. Men vi vil ikkje rosa oss utan mål eller måte. Vi held oss til det mål som Gud sjølv har sett for oss: at vi i arbeidet vårt har nått fram til dykk òg. Vi tøyer oss ikkje lenger enn rett er. Det hadde vi gjort om vi ikkje hadde nått fram til dykk. Men vi er då komne så langt som til dykk med Kristi evangelium. Vi går ikkje for langt når vi rosar oss, og tek ikkje æra for det arbeidet andre har gjort. Men vi har den von at trua dykkar skal veksa, så vi får endå større framgang hjå dykk, etter det mål som er sett for oss. Då kan vi òg forkynna evangeliet bortanfor dykkar grenser, utan å ta æra for arbeid som alt er gjort av andre, og utan å bruka det mål som er sett for dei. For «den som rosar seg, skal rosa seg av Herren». Ikkje den som gjev seg sjølv lovord, held prøva, men den som Herren gjev lovord. Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det! For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane. Om eg er ulærd i talekunst, er eg det ikkje i kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk. Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje og med det audmykte meg sjølv, så de kunne verta opphøgde? Andre kyrkjelydar har eg nærast plyndra, og eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hjå dykk. Då eg var hjå dykk, vart eg ikkje til bør for nokon av dykk når eg trong om noko; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg vanta. Alltid la eg vinn på å greia meg utan dykkar hjelp, og det skal eg gjera heretter òg. Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i Akaia ta frå meg! Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer. Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil ha eit høve til å skryta av at dei er som eg, men det høvet skal eg ta frå dei. Desse er falske apostlar, trulause arbeidarar, som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar. Og det er ikkje å undrast på; for Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel. Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men deira endelykt skal svara til deira gjerningar. Atter seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, får de likevel høyra på meg som om eg hadde mist vitet, så eg òg kan rosa meg litt. For det eg seier når eg no rosar meg, det seier eg ikkje som ein Herrens tenar, men i eit slag vanvit. Men sidan det er så mange som gjer seg til av sine menneskelege føremoner, vil eg òg gjera det. De som er så kloke, toler vel folk som har mist vitet. For de toler då at dei gjer dykk til trælar, at dei syg dykk ut og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet. Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike. Men det som dei andre vågar – eg talar som i vitløyse – det kan vel eg òg våga. Er dei hebrearar? Eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg. Er dei Kristi tenarar? Eg talar som ein vitlaus mann: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, fått fleire slag, vore oftare i fengsel, mang ein gong i dødsfare. Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær. Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døger ikring på havet. Ofte var eg på ferder, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør, i slit og strev, ofte i nattevòke, i svolt og torste, ofte fastande og utan klede i kulden. Attåt alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsuta for alle kyrkjelydane. Kven er veik utan at eg òg vert veik? Kven fell utan at det brenn i meg? Om eg endeleg skal rosa meg, vil eg rosa meg av mi vanmakt. Gud og vår Herre Jesu Far som er høglova i all æve, han veit at eg ikkje lyg! I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg. Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut or hendene hans. Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk. Så har eg då vore heilt ifrå meg! De har tvinga meg til det, eg som skulle ha fått lovord av dykk. For ikkje på nokon måte er eg mindre enn desse overapostlane, endå eg ingenting er. Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk: teikn, under og mektige gjerningar. Vart de sette lågare enn dei andre kyrkjelydane? Det måtte då vera at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk. Tilgjev meg den uretten! No er det tredje gongen eg står budd og skal fara til dykk. Eg skal ikkje vera til bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna. Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv verta ofra for dykkar skuld. Skal eg då verta mindre elska, fordi eg elskar dykk meir? Det kan så vera, seier somme, at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk, men eg er slu og har vunne dykk med list. Sende eg nokon til dykk for eiga vinning skuld? Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje vi fare fram i den same ånd, han og eg, og gått i dei same fotefar? De har visst lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal verta oppbygde. For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og rot. Ja, eg er redd min Gud atter skal audmykja meg mellom dykk, når eg kjem og må syrgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all ureinskapen, horinga og lauslivnaden. Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. «Etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast.» Eg sa frå då eg var hjå dykk andre gongen, til dei som hadde synda og til alle dei andre, og eg seier frå no, når eg er borte: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon. For de krev då eit prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje vanmektig mot dykk, men mektig hjå dykk. For om han vart krossfest i vanmakt, så lever han i Guds kraft. Vi òg er vanmektige i han, men vi skal leva med han i Guds kraft hjå dykk. Ransak dykk sjølve om de er i trua; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Det måtte då vera at de ikkje held prøva. Men eg vonar de skal skjøna at vi held prøva. Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for at det skal visa seg at vi held mål, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje held mål. For vi maktar ingen ting mot sanninga, men berre for sanninga. Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det er vår bøn at de må nå fram til alt større mognad. Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal verta nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned. Elles, brør, gled dykk! Sjå til at de kjem i rett skikk. Ta imot rettleiing! Ver samlyndte, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk. Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den Heilage Andens samfunn vere med dykk alle! Paulus, apostel, ikkje kalla av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud Fader, som reiste han opp frå dei døde – eg, Paulus, og alle brørne her helsar kyrkjelydane i Galatia. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus, han som gav seg sjølv i døden for våre synder, så han kunne fria oss ut frå den noverande vonde verda, etter Gud, vår Fars vilje. Han skal ha æra i all æve! Amen. Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna! Prøver eg no å verta godkjend av menneske – eller av Gud? Prøver eg kanskje å gjera menneske til lags? Var det menneske eg framleis ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. Eg kunngjer dykk, brør: Det evangelium eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; men det var Jesus Kristus som openberra seg for meg. De har høyrt om korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor nådelaust eg forfylgde Guds kyrkje og gjorde mitt beste for å rydja henne ut. Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og var endå meir brennhuga for tradisjonane frå fedrane. Men Gud, som valde meg ut frå mors liv og kalla meg ved sin nåde, sette seg føre å openberra sin Son for meg, for at eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje menneske til råds. Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus. Fyrst tre år seinare drog eg til Jerusalem; eg ville spørja meg føre hjå Kefas, og eg vart verande hjå han i fjorten dagar. Nokon annan av apostlane vitja eg ikkje, berre Jakob, Herrens bror. Det eg her skriv til dykk, er sant, Gud veit at eg ikkje lyg. Sidan kom eg til Syria og Kilikia. Dei kristne kyrkjelydane i Judea kjende meg ikkje personleg. Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfylgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å rydja ut. Og dei lova Gud for det han hadde gjort med meg. Fjorten år etter drog eg atter opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg. Det var ei openberring som gjorde at eg reiste dit. Og i eit serskilt møte med dei mest framståande la eg fram for dei det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga; for eg ville ikkje at heile arbeidet mitt skulle vera fåfengt. Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar. Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk. Og dei som galdt for å vera noko – kor store dei var, kan vera det same for meg, for Gud gjer ikkje skil på folk – dei kom ikkje med nye krav til meg. Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne. For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne. Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, då gav dei meg og Barnabas si hand til teikn på samfunn. Vi skulle gå til folkeslaga, dei til jødane. Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn på å gjera. Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han. Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira. Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt. Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå! Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar. Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte. De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova. Brør, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit lovleg testamente kan ingen gjera om inkje eller gje noko tillegg, endå det er gjort berre av eit menneske. Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det galdt mange, men det vert tala om ein, «til di ætt», og det er Kristus. Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til sides av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden ikkje skulle gjelda lenger. Får vi arven ved lova, vert han ikkje gjeven på grunn av lovnaden. Men det var då ved ein lovnad at Gud i sin nåde gav arven til Abraham. Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg og skulle gjera klårt kva lovbrot er, til dess den ætta kom som lovnaden galdt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann. Men ein mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin. Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For var det gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne rettferda vinnast ved lova. Men Skrifta har lagt alt under synd, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved si tru kan få det som var lova. Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde til dess ho vart openberra, den trua som skulle koma. På den måten var lova vaktaren vår fram til Kristus, for at vi skulle seiast rettferdige ved trua. Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledt dykk Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, er de Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden. Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda. Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår. Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud. Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar. Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei? De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år. Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt. Eg bed dykk, brør: Ver som eg, for eg har vorte som de. De har ikkje gjort meg urett. De veit då korleis det gjekk til at eg forkynte evangeliet for dykk fyrste gongen. Det kom av at eg var sjuk. Men de lét dykk ikkje freista av dette til å vanvørda eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. Har de gløymt kor glade de var då? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut augo og gjeve meg, om det var mogeleg. Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga? Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode. Men dei vil skilja dykk ut og gjera dykk til sine tilhengjarar. Det er vel og bra at somme legg iver for dagen, og ikkje berre når eg er hjå dykk, men det må alltid vera ein iver for det gode. Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk! Eg skulle ynskja eg var hjå dykk så eg kunne tala til dykk på ein annan måte, for eg er reint i beit med dykk. Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova? Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna. Son til trælkvinna er fødd på vanleg måte, son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til trældom. Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er, og det lever i trældom med sine born. Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår. For det står skrive: Gled deg, du barnlause, ¬som ikkje fødde. Set i og jubla, ¬du som ikkje hadde rier. For den einslege kvinna ¬har fleire born enn ho som har mann. Og de, brør, er born etter lovnaden liksom Isak. Men han som var fødd på vanleg måte, forfylgde den gongen han som var fødd i kraft av Anden, og slik er det i dag òg. Men kva seier Skrifta? Jag ut trælkvinna og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. Difor, brør, er vi ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna. Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette. Litt surdeig syrer heile deigen. Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger. Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp! De er kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for den syndige naturen, men ten kvarandre i kjærleik. For heile lova kan samanfattast i det eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Men når de bit og glefser etter kvarandre, så ta dykk i vare at de ikkje et kvarandre opp. Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då gjer de ikkje det som den syndige naturen trår etter. For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova. Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene. Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden. Lat oss ikkje vera drivne av æresykje, så vi eggjar kvarandre og misunner kvarandre. Brør, skulle einkvan verta gripen i eit feilsteg, så må de som lever ved Anden, hjelpa han til rettes. Men gjer det med varsemd, og akta deg sjølv, så ikkje du òg vert freista. Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov. Den som trur han er noko, men ingenting er, han lurer seg sjølv. Kvar skal prøva si eiga gjerning. Han skal ha si ros av det han sjølv har gjort, og ikkje sjå på dei andre. For kvar skal bera si eiga bør. Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden. Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre sysken i trua. Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk! Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel! Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen. Paulus, etter Guds vilje Jesu Kristi apostel, helsar dei heilage i Efesos, dei som trur på Kristus Jesus. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Lova vere Gud, ¬vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus ¬har velsigna oss med all Andens velsigning ¬i himmelen. I Kristus har han valt oss ut ¬før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage ¬og lytelause for hans åsyn. I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ¬ved Jesus Kristus, til lov og ære ¬for hans herlegdom og for den nåde han gav oss ¬i sin kjære Son. I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, som han i rikt mål ¬har late oss få. Han gav oss all visdom ¬og alt skjøn, då han kunngjorde oss ¬løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke om å fullføra sin frelsesplan ¬når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen ¬og det på jorda. I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. Så skulle vi vera til lov og ære ¬for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von ¬til Kristus. I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande ¬som var lova, han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem ¬for Guds folk, til lov og ære ¬for hans herlegdom. Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle. De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre. Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden. Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar. De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor. Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda. Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk! Difor bøyer eg mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen. Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle. Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. Difor står det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar; han gav menneska gåver. Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad. Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik. Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. De må fornyast i sjel og sinn og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga. Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til. Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! Lat ikkje djevelen sleppa til! Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det. Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på. Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen. Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus. Ha Gud til førebilete, de som er hans kjære born. Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange. Hor, alle slag ureinskap og havesykje må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje for kristne. Rått snakk, dumt prat og grovt skjemt er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk! For det skal de vita at ingen som driv hor eller lever i umoral, skal få vera med i Guds og Kristi rike, heller ikkje den som er havesjuk, for han er ein avgudsdyrkar. Lat ingen narra dykk med tome ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. Ha ikkje noko sams med dei! Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de ljos. Lev då som born av ljoset! For fruktene av ljoset er godleik, rettferd og sanning. Prøv då kva som er til hugnad for Herren! Ver ikkje med på dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei er utan frukt; refs heller. Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna. Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det, og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det: Vakna, du som søv, stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg. Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke, så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil. Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden, og lat salmar og hymner og åndelege songar lyda mellom dykk; syng og spel av hjarta for Herren! Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn! Ver kvarandre underordna i age for Kristus. Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv. For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin. Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting. De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord. På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera. På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja. For vi er lemer på hans lekam. Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt. Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja. Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin. De born skal vera lydige mot foreldra dykkar for Herrens skuld, for det er rett. Æra far din og mor di, dette er det fyrste bodet med lovnad: så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet. De fedrar, vekk ikkje sinne og trass hjå borna, men gjev dei den oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje. De trælar skal vera lydige mot dykkar jordiske herrar, med otte og age og av eit ærleg hjarta som mot Kristus sjølv. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar som heilhjarta gjer Guds vilje. Ver ihuga i tenesta, som var det for Herren og ikkje for menneske. De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller træl. Det same skal de herrar gjera mot trælane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk. Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal. For at de òg skal få vita korleis eg har det og korleis det står til med meg, skal Tykikus fortelja dykk alt. Han er vår kjære bror og ein trufast Herrens tenar. Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk nytt mot. Fred vere med brørne, og kjærleik og tru frå Gud, Faderen, og frå Herren Jesus Kristus! Nåde og uforgjengeleg liv vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus! Paulus og Timoteus, Jesu Kristi tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus, dei som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede. For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet. Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære. Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet. Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer. Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord. Det finst nok dei som forkynner Kristus fordi dei er misunnelege og vil ha strid, men somme gjer det av god vilje. Dei forkynner Kristus av kjærleik, fordi dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet. Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera. Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det. For eg veit at alt dette skal verta til frelse for meg, av di de bed for meg, og Jesu Kristi Ande gjev meg hjelp. Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved det som hender med meg, anten eg lever eller døyr. For meg er livet Kristus og døden ei vinning. Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja. Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre. Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva. Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua. Og når eg kjem til dykk att, skal de i Kristus Jesus få rikeleg grunn til å prisa dykk lukkelege for mi skuld. Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Anten eg no kjem og sjølv ser dykk, eller eg er borte, så lat meg få høyra at de står faste i éin Ande og samhuga strider for trua på evangeliet, og ikkje på nokon måte lèt dykk skræma av motstandarane. Dette er eit varsel frå Gud sjølv, for dei om fortaping, men for dykk om frelse. Dykk vart det gjeve, ikkje berre å tru på Kristus, men òg å lida for han. De har den same striden som de såg at eg hadde, og som de no høyrer at eg har. Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn, så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han ¬som eit menneske; han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. Difor har Gud storleg ¬opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn, så kvart kne ¬skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, ¬på jorda og under jorda, og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Herre, ¬til Gud Faders ære! Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age. For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje. Gjer alt utan misnøye og motseiing, så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes. Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle. Så må de òg vera glade og gleda dykk saman med meg. Herren Jesus gjev meg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk. Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsut for dykk. Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til. Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har vore som ein son for meg når vi saman har gjort teneste for evangeliet. Eg vonar å kunna senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi. Og Herren har gjort meg trygg på at eg snart skal koma sjølv. Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus attende til dykk. Han er min bror og medarbeidar og medstridande, og var dykkar utsending for å hjelpa meg med det eg trong. Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk. Ja, han var verkeleg sjuk og døden nær. Men Gud synte miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg òg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg. Difor er det no endå meir om å gjera for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus. Ta imot han i Herrens namn og med inderleg glede. Slike som han skal de halda i ære. Det var i arbeidet for Kristus at han var døden nær, då han våga livet for å bøta på det som vanta i den hjelp de har gjeve meg. Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde. Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet! Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg. Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min krans, stå faste i Herren, mine kjære! Eg påminner Evodia og Syntyke: De må semjast som kristne! Og så bed eg deg, du som med rette heiter Synzygus, at du må hjelpa desse to. For dei har stridt med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok. Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus. Elles brør: Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det! Det som de har lært og teke imot, det som de har sett og høyrt av meg, gjer det! Så skal fredens Gud vera med dykk. Det var ei stor glede for meg i Herren at de på nytt har makta å tenkja på det eg treng. De har nok tenkt på det før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera det. Ikkje så at eg seier dette fordi eg leid naud, for eg har lært å vera nøgd med det eg har. Eg veit kva det er å ha det smått, og eg veit kva det er å ha rikeleg. I alt er eg innvigd, både å vera mett og å vera svolten, å ha overflod og ha for lite. Alt maktar eg i han som gjer meg sterk. Likevel gjorde de rett i å hjelpa meg då eg var i naud. De i Filippi veit at i den fyrste tida eg forkynte evangeliet, då eg hadde fare frå Makedonia, var de den einaste kyrkjelyden som førte rekneskap med meg over gjeve og motteke. Alt då eg var i Tessalonika, sende de meg både ein og to gonger det eg trong. Ikkje så at eg trår etter gåva, men eg trår etter frukta av gåva, og den skal rikeleg godskrivast dykk. Med dette stadfester eg at alt er motteke, og no har eg nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som angen av eit offer, som er til glede og hugnad for Gud. Så skal min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng. Vår Gud og Far skal ha ære i all æve! Amen. Helsa kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Brørne som er saman med meg, helsar dykk. Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hjå keisaren. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd! Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus, helsar dei heilage i Kolossæ, dei truande brørne i Kristus. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far! Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk. For vi har høyrt om dykkar tru på Kristus Jesus og om den kjærleik de har til alle dei heilage, ein kjærleik som kjem frå vona. Det de vonar på, ligg ferdig for dykk i himmelen. Men alt no har de fått høyra om det gjennom sanningsordet, evangeliet, som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut, og det har det gjort hjå dykk òg heilt frå den dagen de fekk høyra det og læra Guds sanne nåde å kjenna. Det var dette de fekk læra av Epafras, den kjære medarbeidaren vår, som er ein trufast Kristi tenar i vår stad. Han har òg fortalt oss om den kjærleiken Anden har gjeve dykk. Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev. Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud. De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset. For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike. Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene. Han er bilete ¬av den usynlege Gud, den fyrstefødde ¬som står over alt det skapte. For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, dei som tronar ¬og dei som styrer, både makter og herredøme – alt er skapt ved han og til han. Han er før alle ting, og alle ting står ved lag ved han, han er hovudet for lekamen, ¬som er kyrkja. Han er opphavet, den fyrstefødde av dei døde, så han i eitt og alt ¬skal vera den fremste. For det var Guds vilje at heile hans fullnad ¬skulle bu i han, og ved han ville Gud forsona ¬alle ting med seg, det som er i himmelen ¬og det som er på jorda, då han skapte fred ¬ved hans blod, på krossen. De var òg ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke på grunn av dei vonde gjerningane dykkar. Men no har han forsona dykk med seg sjølv, då Kristus leid døden i sin jordiske lekam. Heilage, lytelause og ulastande ville han stella dykk fram for seg, så sant de vert ståande i trua, grunnfeste og trauste, og ikkje lèt dykk rikka frå den vona som evangeliet gjev. Og evangeliet har de høyrt, for det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det. No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja. Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage. Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom! Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke. Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea og for alle dei andre som ikkje kjenner meg av sjølvsyn. Det eg ynskjer for dei, er at dei må få nytt mot, verta knytte saman i kjærleik og nå fram til heile rikdomen av overtyding og skjøn, så dei kan fatta Guds løyndom, som er Kristus. For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde. Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar. For om eg er fråverande med lekamen, er eg hjå dykk i tankane, og eg ser med glede den gode orden som rår hjå dykk, og kor faste de er i trua på Kristus. De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen. Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band. Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: «Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes. Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han. Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, utlending, skytar, træl eller fri; men Kristus er alt og i alle. De er Guds utvalde, helga og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og godleik! Ver audmjuke, ta dykk ikkje sjølve til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre, om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. Og framfor alt, kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og fullendar. Lat Kristi fred rå i hjarto dykkar, for til det vart de kalla då de vart ein lekam. Og ver takksame! Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, så de med visdom kan læra og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar; syng for Gud med takk i hjarta! Og alt de gjer, i ord og gjerning, gjer det i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han. De koner skal underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg for kristne. De menn skal elska konene dykkar og ikkje vera harde mot dei. De born skal vera lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til hugnad for Herren. De fedrar skal ikkje stella dykk såleis med borna at dei vert arge og misser motet. De trælar skal lyda dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarta og i age for Herren. Alt de gjer, skal de gjera viljug, som for Herren og ikkje for menneske. For de veit at de skal få arven til løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena. Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje skilnad på folk. De som er herrar, skal fara rett og rimeleg fram mot trælane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen. Ver vedhaldande i bøn, vak og bed og takka Gud! Bed for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom, den eg no sit i fengsel for. Bed om at eg må få gjera han kjend som eg skal. Ver visleg når de er saman med dei som står utanfor, og kjøp den laglege tid. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men lat dei ha salt og kraft, så de veit å gje kvar og ein det rette svaret. Tykikus kjem til å fortelja dykk alt om korleis det går med meg. Han er ein kjær bror og ein trufast tenar og medarbeidar for Herren. Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal setja nytt mot i dykk. Saman med han sender eg Onesimus, den trufaste og kjære bror som er frå dykkar by. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå. Aristark, som er fange saman med meg, helsar dykk, og det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. De har fått bod om han; ta vel imot han om han kjem. Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg. Epafras, som kjem frå dykkar eigen kyrkjelyd, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan verta ståande, fullmogne og fullt visse i alt som er Guds vilje. Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis. Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas. Helsa brørne i Laodikea, like eins Nymfa og kyrkjelyden som samlast heime hjå henne. Når dette brevet er opplese hjå dykk, syt då for at det òg vert opplese for kyrkjelyden i Laodikea, og at de sjølve får lesa det brevet mitt som de får frå Laodikea. Sei til Arkippus: Akta på den tenesta du har fått for Herren, så du fullfører henne. Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. Kom i hug lekkjene mine! Nåden vere med dykk! Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud Fader og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk! Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. For vår Gud og Fars åsyn kjem vi dykk i hug og tenkjer stadig på korleis trua dykkar syner seg i gjerning, kjærleiken i arbeid, og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod. Vi veit då, brør, som er elska av Gud, at de er utvalde. For då vi forkynte evangeliet hjå dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. De veit korleis vi ferdast mellom dykk; vi tenkte berre på dykk. Og de tok oss, ja, Herren sjølv, til føredøme, og i stor trengsle tok de imot Ordet med den glede som Den Heilage Ande gjev. Såleis vart de eit førebilete for alle dei truande i Makedonia og Akaia. For frå dykk har Herrens ord lydt. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har folk høyrt om dykkar tru på Gud, så det treng vi ikkje tala om. Dei fortel sjølve korleis vi vart mottekne hjå dykk. De vende om til Gud frå avgudane og tok til å tena den levande og sanne Gud, og venta på Son hans frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den vreidedomen som kjem. De veit sjølve, brør, at det ikkje var fåfengt at vi kom til dykk. Endå vi føreåt hadde lide vondt og vorte ille medfarne i Filippi, som de kjenner til, gav vår Gud oss frimod til å tala Guds evangelium til dykk, jamvel om det var ein hard strid. Forkynninga vår kjem ikkje av villfaring eller urein hug, og vi fer heller ikkje med svik. Nei, Gud har funne oss verdige til å få evangeliet overlate; difor talar vi som vi gjer, ikkje for å tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre. For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om vinning; Gud er vårt vitne. Vi søkte ikkje ære av menneske, korkje av dykk eller av andre, endå vi som Kristi apostlar kunne gått fram med makt og mynde. I staden var vi milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine. Vi hadde vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk, ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss. De minnest, brør, kva strev og møde vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samstundes arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle. Både de og Gud kan stadfesta kor heilagt, ærleg og ulastande vi ferdast mellom dykk, de truande, liksom de veit kor vi påminte kvar og ein av dykk som ein far påminner borna sine. Vi sette mot i dykk og bad dykk inderleg at de skulle ferdast så som verdig er for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom. Og difor takkar vi alltid Gud: Då de fekk overgjeve det Guds ord som vi forkynte, tok de imot det, ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er, og det verkar med kraft i dykk som trur. For de, brør, har teke Guds kyrkjelydar i Judea til føredøme, dei som har sitt liv i Kristus Jesus. De har mått tola det same av dykkar landsmenn som dei har mått tola av jødane, dei som drap Herren Jesus og profetane og forfylgde oss. Dei er ikkje Gud til hugnad og står alle menneske imot, for dei hindrar oss i å tala til heidningane, så dei kan verta frelste. Såleis fyller dei alltid syndemålet sitt. Men til sist har vreiden nått dei. Ei lita stund var vi skilde frå dykk, brør; de var ute or augo, men ikkje or hugen. Men vi lengta så sterkt etter dykk at vi fekk meir og meir hug til å sjå dykk att. Difor sette vi oss føre å vitja dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger. Men Satan hindra oss. For kven skal vera vår von, vår glede og vår ærekrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem, og vi står for hans åsyn? Ja, de er vår ære og vår glede! Då vi ikkje kunne halda dette ut lenger, sette vi oss føre å vera åleine att i Aten, og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk, så ingen skulle vera ustø i desse trengslene. De veit då sjølve at det er oss pålagt. Då vi var hjå dykk, sa vi dykk føreåt at vi kom til å få trengsler. Såleis gjekk det òg, som de veit. Og då eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad. Eg måtte vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greitt å freista dykk, så arbeidet vårt var nyttelaust. Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med ein god bodskap om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid har oss i venleg minne og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk. Så vart vi då, brør, trøysta ved dykkar tru i all vår naud og trengsle. Og no lever vi, for de står faste i Herren. Korleis kan vi så takka Gud for dykk som vi burde, takka for all den gleda som fyller oss for Guds åsyn, og som de har gjeve oss? Natt og dag bed vi inderleg om å få sjå dykk att, og bøta på det som enno vantar i dykkar tru. Måtte Gud, vår Far, og Jesus, vår Herre, styra vår veg til dykk! Og måtte Herren gje dykk meir og meir kjærleik til kvarandre og til alle, som vi òg har kjærleik til dykk! Så skal han styrkja hjarto dykkar, og de skal stå ulastande og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage. Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon. Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. Trøysta kvarandre med desse orda! Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør. For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. Når dei seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna. Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue! For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg drukne, gjer det om natta. Men vi som høyrer dagen til, lat oss vera vakne, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm. For Gud har ikkje etla oss til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. Han døydde for oss, så vi, anten vi vaker eller søv, skal leva saman med han. Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer. Vi bed dykk, brør, at de må skjøna på dei som arbeider mellom dykk, dei som er dykkar forstandarar i Herren og rettleier dykk. De skal elska dei og setja dei overlag høgt på grunn av den gjerning dei har. Hald fred med kvarandre! Vi legg dykk på hjarta, brør: Tal til rettes dei som lever eit vørdlaust liv, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver langmodige mot alle! Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle! Ver alltid glade! Bed uavlatande! Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. Sløkk ikkje ut Anden! Vanvørd ikkje profetord, men prøv alt, og hald fast på det gode! Hald dykk frå vondskap av alle slag! Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må haldast uskadde, så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem! Han som kallar dykk, er trufast; han skal gjera det. Brør, bed for oss! Helsa alle brørne med ein heilag kyss! Eg byd dykk ved Herren at dette brevet vert opplese for alle brørne. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk! Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus! Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, som rett er. For trua dykkar veks stadig, og kjærleiken de har til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk. Difor kan vi rosa oss av dykk i Guds kyrkjelydar for det tolmod og den tru de viser i alle dei forfylgingar og trengsler de lyt tola. Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom. Når den kjem, skal de finnast verdige til å få Guds rike som de no lid for. For dette er rettferdig i Guds augo: Dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att; og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss. Så skal det gå når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen saman med englane sine i makt og velde. Han kjem med logande eld, og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium. Straffa deira skal vera ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt, den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og møtast med tilbedande undring av alle som trur. Og de har trutt det vitnemålet vi bar fram. Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, fylla dykk med all vilje til det gode og med kraft fullføra hjå dykk dei gjerningar som kjem av tru. Då skal vår Herre Jesu namn verta æra hjå dykk, og de får del i hans ære, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde. Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten. Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga. Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom. Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev. Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og ei god von, han gjeve dykk mot i hjarta og styrke til alt godt, i ord og gjerning! Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må ha stor framgang og koma til ære, liksom hjå dykk! Og bed om at vi må verta berga frå vrange og vonde menneske; for det er ikkje alle som trur. Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde. Og Herren har gjeve oss den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk. Gjev Herren må leia dykk fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod! Vi byd dykk, brør, i Herren Jesu Kristi namn at de held dykk borte frå kvar bror som lever eit vørdlaust liv og ikkje rettar seg etter den læra de fekk av oss. De veit sjølve korleis de skal leva om de vil ha oss til føredøme. For vi levde ikkje eit latmannsliv hjå dykk og lét ikkje nokon halda oss maten utan vederlag. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit, så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle. Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme, så de kunne gå i våre fotefar. For då vi var hjå dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta. Vi høyrer nemleg at nokre av dykk ikkje har skikk på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, men driv med unyttige ting. Slike brør byd og påminner vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød. Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som rett er! Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de bita dykk merke i han. Ha ikkje noko med han å gjera, så han kan gå i seg sjølv. Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rettes som ein bror. Må han, fredens Herre, gje dykk sin fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle! Denne helsinga skriv eg, Paulus, med eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og frå Kristus Jesus, vår von, helsar Timoteus, sin ektefødde son i trua. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! Då eg fór til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby visse folk å fara med anna lære. Sei til dei at dei ikkje må gje seg av med mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelsesplan; den er for trua. Men målet for dette påbodet er den kjærleiken som kjem frå eit reint hjarta, eit godt samvit og ei ærleg tru. Nokre har villa seg bort frå dette målet og har hamna i tomt snakk. Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvtrygge om. Men vi veit at lova er god når ho vert bruka som ho skal brukast. Vi må hugsa at lova ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og sjølvrådige, ugudelege og syndarar, folk utan age for det heilage, verdslege, born som slår far sin eller mor si, mordarar, menn som driv hor eller har utuktig omgang med menn, slavehandlarar, lygnarar og dei som gjer rang eid, og kva det elles måtte vera som strider mot den sunne læra. Dette seier eg i samsvar med evangeliet om den sæle Guds herlegdom, det som eg har fått overlate. Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta, eg som før spotta, forfylgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for vantruande som eg var, visste eg ikkje kva eg gjorde. Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus. Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største. Men når eg fekk miskunn, var det for at Jesus Kristus fyrst skulle syna alt sitt langmod på meg, til eit føredøme for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv. Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han skal ha pris og ære i all æve. Amen. Å forkynna dette, Timoteus, son min, er den oppgåva eg overgjev deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden, i tru og med godt samvit. Nokre har kasta frå seg det gode samvitet og lide skipbrot på trua. Mellom dei er Hymeneus og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, så dei skal tuktast til å la vera å spotta. Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske. Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna. For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus, han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen; og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning. Eg vil at mennene alle stader der dei held bøn, skal lyfta reine hender, utan sinne og trette. Like eins vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal ikkje pynta seg utfordrande, men sømeleg, ikkje med allslags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede. Deira prydnad skal vera gode gjerningar; det sømer seg for kvinner som vil leva etter Guds vilje. Ei kvinne skal ta imot læra teiande; ho skal underordna seg. Eg gjev ikkje ei kvinne lov til å vera lærar eller rå over mannen; ho skal halda seg still. For Adam vart skapt fyrst, og så Eva. Og Adam vart ikkje forført, men kvinna lét seg forføra og braut bodet. Men ho skal verta frelst, gjennom si barnefødsle, berre ho held fast på tru, kjærleik og helging, og lever som det sømer seg. Dette er eit truverdig ord: Om nokon vil ha eit tilsynsembete, har han hug på ei gjæv gjerning. Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til éi kvinne, edrueleg, visleg, høvisk, gjestmild, dugeleg til å læra frå seg, ikkje drikkekjær eller hardhendt, men mild, ikkje stridshuga eller pengekjær. Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans er lydige og viser vørdnad. Men greier han ikkje styra sitt eige hus, kor kan han då ha omsut for Guds kyrkje? Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han verta hovmodig og koma under same domen som djevelen. Han må ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje vert spotta og fell i djevelens snare. Like eins skal diakonane vera vørde menn, som ikkje talar med to tunger, ikkje ligg under for drikk og ikkje er ute etter låk vinning. Dei skal eiga løyndomen i trua i eit reint samvit. Men dei òg skal prøvast fyrst, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta. Like eins skal kvinnene vera vel vørde, ikkje fara med baktale, men vera edruelege og pålitelege i alt. Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal vera ein god far og husbond. For diakonar som har gjort ei god teneste, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus. Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma attende om ikkje så lenge. Men skulle det drya, vil eg at du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkje, sannings støtte og grunnvoll. Det må alle sanna at løyndomen i vår gudstru er stor: Han vart openberra ¬i menneskeskapnad, vann sin rett i Anden, vart sedd av englar, forkynt for folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom. Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter. Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit. Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk. Det vert helga med Guds ord og bøn. Når du lærer brørne dette, er du ein god Kristi Jesu tenar som nærer seg av det ordet som skaper tru, og av den gode læra, som du alltid har fylgt. Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tom tale. Øv deg heller i gudsfrykt. For kroppsleg øving er ikkje gagnleg til mykje, men gudsfrykt er gagnleg til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem. Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot. Difor er det vi arbeider og strider. For vi har sett vår von til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men fyrst og fremst for dei som trur. Dette skal du byda og læra. Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem. Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg. Ta deg av alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg. Gjev akt på deg sjølv og lærargjerninga di! Hald fram med det! For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg. Tal ikkje hardt til ein gamal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du sjå på som brør, eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, i reinleik. Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa. Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei fyrst læra å visa gudsfrykt i sin eigen huslyd og gje dei gamle vederlag. For det er etter Guds vilje. Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag. Men den som berre vil nyta livet, er levande død. Det òg skal du prenta inn, så det ikkje skal vera noko å seia på dei. Den som ikkje har omsut for sine næraste, og fyrst og fremst sin eigen huslyd, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande. Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i kyrkjelyden. Ho må ha vore éin manns kone, vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestmild, vaska føtene åt dei kristne, hjelpt dei som er i naud, og i det heile lagt vinn på å gjera vel. Men unge enkjer skal du ikkje godta. For kanskje vert dei gripne av lyster og vil gifta seg, og då gjer dei Kristus imot; for dei får den domen over seg at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap. Dessutan har dei ikkje noko å gjera og ven seg til å springa kring i husa. Ja, ikkje nok med at dei ingen ting gjer; dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker som ikkje kjem dei ved, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg. Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så dei ikkje kjem ut for spott og motstandaren får sleppa til. Nokre har alt vendt seg bort og fylgt Satan. Om ei truande kvinne har enkjer hjå seg, skal ho syta for dei og ikkje la dei vera til tyngsle for kyrkjelyden; så kan kyrkjelyden ta seg av dei enkjene som er åleine. Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring. For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd. Godta ikkje klagemål mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne. Dei som syndar, skal du tala til rettes medan alle høyrer på, til skrekk og åtvaring for andre. Eg byd deg for Guds og Jesu Kristi åsyn og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordomar og utan å gjera skil på folk. Ver ikkje for snar til å leggja hendene på nokon, og gjer deg ikkje medskuldig i syndene åt andre. Hald deg sjølv rein. Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk. Hjå nokre menneske er syndene synlege for alle og går føre dei til domen, hjå andre fylgjer dei etter. På same måten er dei gode gjerningane synlege. Og er dei ikkje det, skal dei koma for dagen. Alle som er trælar under åket, skal visa herrane sine den vørdnad dei har krav på, så Guds namn og læra ikkje skal verta spotta. Og de trælar som har truande herrar, skal ikkje visa dei mindre vørdnad fordi dei er brør. Nei, de skal tena dei med endå større ihuge, for dei er truande og kjære brør som legg vinn på å gjera vel. Dette skal du læra og påminna om. Om nokon fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til, då er han hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar og stadig krangel mellom menneske som har mist dømekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning. Ja, gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning. For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå. Har vi mat og klede, skal vi vera nøgde med det. Dei som vil verta rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping. For kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt. Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding. Men du, Guds mann, hald deg frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde! Strid den gode striden i trua, og grip det evige livet som du er kalla til, og som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne. Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus: Ta vare på oppgåva di, og hald henne rein og ulastande til vår Herre Jesus Kristus kjem i herlegdom. Og det skal han la oss få sjå i si tid, han som er den sæle og einaste mektige, kongen over kongane og herren over herrane, den einaste som er udøyeleg, og som bur i eit ljos der ingen kan koma, han som inkje menneske har sett og ingen kan sjå. Han skal ha ære og evig makt! Amen. Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja si von til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. Dei skal gjera vel, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og gjerne dela med andre. På den måten skal dei samla seg skattar og leggja ein god grunnvoll for den tid som kjem, så dei kan gripa det sanne livet. Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tome snakket og motsegnene frå den kunnskap som med urette vert kalla så. Visse folk vedkjenner seg den og har villa seg bort frå trua. Nåden vere med dykk! Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus, helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag. Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad. Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg. Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem. Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det. Du veit at alle frå Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelus og Hermogenes. Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden åt Onesiforos. For han har mange gonger sett mot i meg, og han skjemdest ikkje ved lekkjene mine. Då han kom til Roma, leita han ihuga etter meg til han fann meg. Gjev Herren må la han få miskunn hjå Herren på domedag! Alt det han har gjort gjennom tenesta si i Efesos, kjenner du best til sjølv. Så ver då sterk, son min, ved nåden i Kristus Jesus. Og det du har høyrt av meg i nærvære av mange vitne, skal du overgje til pålitelege menneske som duger til å læra andre. Lid vondt du òg som ein god Jesu Kristi stridsmann. Ingen soldat hefter seg med dei daglege syslar, då kan han ikkje gjera det hærføraren vil. Og ein idrettsmann må fylgja reglane om han skal vinna sigerskransen. Bonden som gjer arbeidet, skal fyrst få av grøda. Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg skjøn på alt. Kom Jesus Kristus i hug, han som har stått opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium. Det lid eg vondt for, ja, det er eg bunden for som ein brotsmann. Men Guds ord er ikkje bunde! Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom. Det er eit truverdig ord: For har vi døytt med han, ¬skal vi òg leva med han. Held vi ut med han, ¬skal vi òg styra med han. Fornektar vi, ¬skal han fornekta oss. Er vi trulause, så er han trufast, for han kan ikkje fornekta ¬seg sjølv. Dette skal du minna dei om! For Guds åsyn skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på. Legg vinn på å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skjemmast ved, men legg fram sanningsordet utan å bøya av. Hald deg frå det gudlause og tome snakket. For dei som driv med det, går berre lenger og lenger i gudløyse, og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneus og Filetus. Dei har gått bort frå sanninga og er komne på avvegar, for dei seier at oppstoda alt har vore, og dei bryt ned trua hjå folk. Men Guds faste grunnvoll står, og har eit segl med denne innskrifta: «Herren kjenner sine», og: «Kvar den som vedkjenner seg Herrens namn, skal venda seg frå urett». I eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sølv, men òg av tre og leir, nokre til ære, andre til vanære. Den som reinsar seg frå slikt, vert eit kjerald til ære; det er vigsla og nyttig for husbonden og gjort ferdig til all god gjerning. Fly frå ungdomens lyster og jag etter rettferd, truskap og kjærleik, og etter fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta. Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du visa frå deg, for du veit at dei skaper strid. Og ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle. Han skal vera ein god lærar, viljug til å tola vondt, så han med spaklynde talar til rettes dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei omvending, så dei lærer sanninga å kjenna. Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje. Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage, ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode, svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud. Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk! Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over kvinner som er tyngde av synder og lèt seg driva av mange slag lyster, og som alltid vil læra, men aldri kan læra sanninga å kjenna. Liksom Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse mennene seg opp mot sanninga. Dei har fått dømekrafta øydelagd, og korkje dei eller trua deira held mål. Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal verta klårt for alle kor vitlause dei er; det skal gå dei som det gjekk Jannes og Jambres. Du har fylgt meg i lære og liv, i forsett, tru, langmod, kjærleik og tolmod, og i forfylging og liding, som det eg vart ute for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje mått tola av forfylgingar! Men Herren har fria meg ut or dei alle. Alle som vil leva eit gudfryktig liv i trua på Kristus Jesus, skal verta forfylgde. Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vilt og fer vilt. Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. Og heilt frå barndomen har du kjent dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus. Alle skrifter som er innanda av Gud, er òg gagnlege til opplæring, til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd, så det menneske som høyrer Gud til, kan verta som det skal, dugande til all god gjerning. Eg byd deg framfor Gud og Kristus Jesus, han som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike: Forkynn Ordet, ver budd i tid og utid, overtyd, tal til tukt og tal til trøyst! Gjev ikkje opp når du lærer dei! For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra. Dei skal venda øyra frå sanninga og halda seg til mytar. Men ver du vaken i alt det du gjer! Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste! Eg skal no ofrast, og tida er komen då eg skal fara herifrå. Eg har stridt den gode striden, fullført laupet og halde fast på trua. Så ligg då rettferdskransen ferdig til meg, den som Herren, den rettferdige domaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har elska han og venta på at han skal koma i herlegdom. Du må koma til meg så snøgt du kan. For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han fór til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia. Berre Lukas er hjå meg. Ta Markus med deg når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta. Tykikus har eg sendt til Efesos. Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hjå Karpus, og bøkene, fyrst og fremst pergamentrullane. Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal løna han etter hans gjerningar. Ta deg i vare for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår. Fyrste gongen eg forsvarte meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må tilreknast dei! Men Herren var med meg og styrkte meg. Eg skulle fullføra forkynninga av bodskapen, så alle folkeslag kunne få høyra han, og eg vart berga ut or løvegapet. Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han skal ha ære i all æve! Amen. Helsa Priska og Akvilas og alle i huslyden til Onesiforos. Erastus vart att i Korint, og Trofimus lét eg vera att i Milet, for han var sjuk. Gjer deg umak og kom før vinteren. Eubulus, Pudens, Linus, Klaudia og alle brørne sender si helsing. Herren vere med di ånd! Nåden vere med dykk! Frå Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel, som er sett til å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna den sanning som gjev gudsfrykt og von om evig liv. Det har Gud, han som ikkje kan lyga, gjeve lovnad om frå æva av, og til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er meg tiltrudd etter påbod frå Gud, vår frelsar. Eg helsar Titus, min eigen son i vår sams tru. Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar! Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få skikk på det som endå var ugjort. Du skal setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg. Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv. For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning. Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv. Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil. For det er mange som ikkje vil underordna seg, serleg mellom dei omskorne. Dei fer med tomt snakk og fører folk vilt. Du må målbinda dei, for dei fører ulukke over heile huslydar når dei for eiga vinning skuld spreier ei lære som ikkje er rett. Ein mann frå Kreta, ein av deira eigne profetar, har sagt: «Kretarar har alltid vore lygnarar, arge villdyr, grådige og late!» Dette ordet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, så dei kan få ei sunn tru. Dei må ikkje fara med jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga. Alt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint; hjå dei er både vitet og samvitet ureine. Dei seier om seg sjølve at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og duger ikkje til å gjera noko godt. Men du skal tala i samsvar med den sunne læra: Eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og visleg fram, vera heile både i tru, kjærleik og tolmod. Like eins skal eldre kvinner bera seg åt som det sømer seg for heilage. Dei skal ikkje fara med baktale eller liggja under for drikk, men vera rettleiarar i det gode, så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born, leva sømeleg og reint, vera gode husmødrer og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal verta spotta. Dei unge mennene skal du formana til å vera støe i all si ferd. Ver sjølv eit føredøme for dei i gode gjerningar! Lat læra vera uforfalska, og ber henne fram med alvor! Då vert forkynninga di sunn og ulastande, og kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss. Trælane skal vera lydige mot herrane sine i alt, og retta seg etter dei utan å seia imot. Dei må ikkje stikka noko til sides, men alltid vera ærlege og true, så dei i eitt og alt kan vera til prydnad for Guds, vår frelsars lære. For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske. Og hans nåde oppsedar oss til å seia nei til gudløyse og verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er, medan vi ventar på at vona vår skal få si sæle oppfylling, og at vår store Gud og frelsar Kristus Jesus skal koma til synes i herlegdom. For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville fria oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med ihuge gjer gode gjerningar. Dette skal du forkynna, og med kraft skal du påminna og visa til rettes. Lat ingen sjå ned på deg! Minn dei om at dei skal underordna seg styremaktene, retta seg etter dei og vera viljuge til å gjera alt som er godt. Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske. For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vilt og var trælar under mange slag lyster og ynske. Vi levde i vondskap og misunning, vart hata og bar hat til kvarandre. Men vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra. Og han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande, som han i rikt mål har rent ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar. Så skulle vi ved hans nåde stå rettferdige for Gud og verta arvingar til det evige livet, som er vår von. Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og gagnleg for menneska. Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du halda deg ifrå; slikt er gagnlaust og meiningslaust. Ein som fer med vrang lære, skal du tala til rettes, ein gong og to gonger, og så visa han frå deg. Du kan vera trygg på at ein slik mann er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv. Når eg sender Artemas eller Tykikus til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis; der har eg tenkt å vera vinteren over. Zenas, den lovkunnige, og Apollos skal du med omhug hjelpa i veg, så dei ikkje vantar noko. Våre folk òg lyt læra å gjera gode gjerningar når det måtte trengast, så livet deira ikkje skal vera utan frukt. Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa alle som elskar oss fordi vi har den same tru. Nåden vere med dykk alle! Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære medarbeidar, og Appia, syster vår, og Arkippus, vår medstridsmann, og kyrkjelyden som samlast i heimen din. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Eg takkar alltid min Gud når eg nemner deg i bønene mine. For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus. Saman med dei eig du trua, og det er mi bøn at ho må vera verksam, så du kan skjøna kva godt vi skal gjera for Kristus. Det har vore ei stor glede og trøyst for meg å høyra om kjærleiken din, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte. I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt. Men kjærleiken gjer at eg heller kjem med ei bøn. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no òg Kristi Jesu fange, bed eg deg for Onesimus, son min som eg har fått i mitt fangenskap. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig både for meg og deg. Når eg no sender han attende til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarta. Eg hadde gjerne hatt han hjå meg, så han i din stad kunne hjelpa meg når eg no er i lekkjer for evangeliet. Men utan ditt samtykke ville eg ingen ting gjera, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje. Kan henda vart han teken frå deg for ei stund, så du skal få han att for alltid, ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren. Så sant du held meg for ein bror i trua, så ta imot han som meg sjølv. Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning! Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv. Ja, bror, lat meg ha gagn av deg i Herren! Gjer meg glad og frimodig i Kristus! I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er viss på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om. Og ein ting til: Stell til gjesteromet åt meg! For eg vonar Gud vil høyra bønene dykkar og la meg få koma til dykk. Eg skal helsa deg frå Epafras, som er fange saman med meg for Kristi Jesu skuld, like eins frå Markus, Aristark, Demas og Lukas, medarbeidarane mine. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd! I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge. Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. For til kven av englane har Gud nokon gong sagt: Du er son min, eg har født deg i dag? Eller, som det òg står: Eg vil vera far hans, og han skal vera son min. Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han: Alle Guds englar skal tilbe han. Og om englane seier han: Han gjer englane sine til vindar, tenarane sine til logande eld. Men om Sonen: Din kongsstol, Gud, ¬står i all æve, rettferds stav er din kongsstav. Du har elska rettferd ¬og hata urett; difor, Gud, har din Gud ¬salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar. Og vidare: Du, Herre, ¬i opphavet grunnla du jorda, og himmelen er eit verk ¬av dine hender. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande. Dei skal alle eldast ¬som ein klednad; du rullar dei saman ¬som ei kappe, dei vert utskifte som klede. Men du er den same, dine år tek aldri ende. Til kven av englane har han nokon gong sagt: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter? Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa? Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det. For jamvel det ordet som vart tala gjennom englar, stod fast, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff. Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han. Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje. Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om. Om dette er det ein som har vitna ein stad: Kva er eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug, ein menneskeson, ¬sidan du tek deg av han? Ei lita stund sette du han lågare ¬enn englane. Så krona du han ¬med herlegdom og ære. Alt la du under hans føter. Når det står: «Alt la du under han», då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han. Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle. For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar. Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør. Han seier: Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør, midt i lyden ¬vil eg lovsyngja deg. Og like eins: Eg vil setja mi lit til han. Og endå ein stad: Sjå, her er eg og dei born ¬Gud har gjeve meg. Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv. For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av. Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket. Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista. Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus. Han var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var trufast i heile Guds hus. Jesus var verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større ære enn huset han byggjer. Eit hus må alltid vera bygt av einkvan; men den som har bygt alt, det er Gud. Moses var trufast i heile Guds hus, som tenar. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast. Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av. Difor, som Den Heilage Ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde som den gongen fedrane ¬dykkar trassa meg, den dagen dei eggja meg ¬i øydemarka. Der eggja dei meg og sette meg på prøve, endå dei hadde sett ¬mine gjerningar i førti år. Difor fekk eg uvilje ¬mot denne ætta og sa: Dei fer alltid vilt ¬i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar. Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile! Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. Når det heiter: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde som den gongen dei trassa meg, kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt? Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn. Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde. Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for. Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid. Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron. Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han: Du er son min, eg har født deg i dag. Og som han seier ein annan stad: Du skal vera prest til evig tid på Melkisedeks vis. Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis. Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt. Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil. Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd. Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før. Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste. Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene. Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved. Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.» Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod. Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn. Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis. Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Den Høgste Gud. Han gjekk til møtes med Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane. Og Abraham gav han tiend av alt. I namnet Melkisedek ligg for det fyrste at han er rettferds konge, og dernest at han er Salems konge, det vil seia freds konge. Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing, og livet hans tek aldri ende. Slik er han eit bilete på Guds Son og vert verande prest for alltid. Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste hærfanget. Rett nok skal dei av Levi søner som vert prestar, etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne brør, endå desse er ætta frå Abraham. Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader. No kan ingen nekta for at den som vert velsigna, står lågare enn den som velsignar. Elles er det døyelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever. Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend. For medan han endå var ein ufødd ætling, var han i ættefar sin då Melkisedek gjekk til møtes med Abraham. Lova som folket fekk, kviler på det levittiske prestedømet. Dersom dette prestedømet hadde ført til fullending, kvifor måtte det då koma ein prest av anna slag, ein som vert kalla prest på Melkisedeks vis og ikkje på Arons vis? Men når prestedømet vert endra, vil det seia at lova òg vert endra. For han som det her er tale om, høyrde til ei anna ætt, og ingen frå den ætta har gjort teneste ved altaret. Det er kjent nok at vår Herre er runnen av Juda ætt, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den ætta. Alt dette vert endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek. Han har ikkje vorte prest etter ei lov som krev ei viss nedætting, men på grunn av krafta i eit uforgjengeleg liv. Han får då det vitnemålet: Du skal vera prest til evig tid på Melkisedeks vis. Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda av di det var veikt og gagnlaust. For lova førte ikkje noko til fullending. Men no vert ho avløyst av noko betre, ei von som gjer at vi kan nærma oss Gud. Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid, men denne vart innsett med eid av Gud som seier: Herren har svore ¬og angrar det ikkje: Du skal vera prest til evig tid. Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for. Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram. Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei. Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane. Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. Dei som lova set til øvsteprestar, er veike og vesale menneske. Men det ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, set inn Sonen, han som har nått fullending til evig tid. Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen. Der gjer han presteteneste i heilagdomen, i det sanne møteteltet, som ikkje er reist av menneske, men av Herren. Kvar øvsteprest vert innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram. Hadde han no vore på jorda, hadde han ikkje vore prest; for her er det andre som etter lova ber fram offergåvene. Men dei gjer teneste ved eit telt som berre er ei etterlikning og ein skugge av det himmelske. Det ser vi av det ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa møteteltet: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet du fekk sjå på fjellet.» Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader. For hadde det ikkje vore noko å utsetja på den fyrste pakta, hadde det ikkje vore grunn til å setja ei anna i staden. Men Gud har noko å utsetja på henne når han seier til folket: Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels ætt og Judas ætt, ei pakt som er annleis enn den eg gjorde ¬med fedrane deira den gongen eg tok dei i handa og førte dei ut or Egypt. For dei vart ikkje ståande ¬i mi pakt, og eg brydde meg ikkje om dei, ¬seier Herren. Nei, såleis er den pakta ¬eg vil gjera med Israels folk i dagar ¬som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod ¬i hugen deira og skriva dei i hjarto deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. Då skal ingen lenger læra sin landsmann og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store. For eg vil sjå på deira urett ¬med miskunn og aldri meir koma deira synder ¬i hug. Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte. Den fyrste pakta hadde òg sine føreskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom. Det var reist eit telt, og i dette fremste teltet, som vert kalla Det heilage, var ljosestaken og bordet og skodebrøda. Attom det inste forhenget var det eit anna telt som vert kalla Det høgheilage. Det hadde eit røykjelsesaltar av gull og paktkista som var kledd med gull over det heile. I kista var det ei gullkrukke med manna, Arons stav som sette friske skot, og pakttavlene. Over kista var herlegdomens kjerubar; dei skygde over soningsstaden. Dette kan vi ikkje no gå nærare inn på. På denne måten var alt tilskipa. Det fremste teltet går prestane støtt inn i når dei skal gjera si teneste. Men i det andre går berre øvstepresten inn, ein gong om året, og då aldri utan offerblod. Det ber han fram for seg sjølv og for misgjerdene åt folket. Dermed syner Den Heilage Ande at vegen inn i heilagdomen ikkje er opna så lenge det fremste teltet enno står. Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei gåver og offer som her vert framborne, kan ikkje gjera den som dyrkar Gud, fullkomen, så samvitet vert reint. Liksom føresegnene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod, som galdt til den tid då alt skulle setjast i rett skikk. Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud. Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død. Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever. Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod. For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket og sa: «Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.» Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta. Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving. Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han. Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne. Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd. Men offera er kvart år ei påminning om synd. For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder. Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og gåve ¬ville du ikkje ha, men ein lekam laga du til meg; brennoffer og syndoffer ¬hadde du ikkje hug på. Då sa eg: Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive ¬om meg. Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova. Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle. Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne. Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren: Såleis er den pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem. Og så seier han: Eg vil leggja mine bod ¬i hjarto deira og skriva dei i hugen deira. Og syndene ¬og misgjerningane deira vil eg aldri meir koma i hug. Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd. Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg. Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder. Fælsleg er det vi då har i vente: domen og Guds brennhug som skal øyda dei som står han imot. Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål. Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande? For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.» Og vidare: «Herren skal døma folket sitt.» Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud! Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med. Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same. De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de åtte, vart røva frå dykk. De visste at de eig noko som er betre og som varer. Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn. De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova. For enno er det berre ¬ei lita stund, så kjem han som koma skal, og han skal ikkje drya. Min rettferdige ¬skal leva ved tru; men dreg han seg unna, har eg ikkje hugnad i han. Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel. Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død. Fordi Enok trudde, vart han bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han det vitnemålet at han var til hugnad for Gud. Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han. I tru bygde den gudfryktige Noah ei ark då han vart varsla om det dei endå ikkje såg. Slik berga han huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferd som trua gjev. I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma. I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden. For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar. I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand. I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda. Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei. I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene, og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.» Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete. I tru velsigna Isak Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma. I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Så bøygde han seg i bøn over knappen på staven sin. I tru tala Josef, då han låg på det siste, om at israelittane skulle gå ut or Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med beina hans. I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod. I tru nekta Moses, då han vart stor, å vera dotterson til farao. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn ha ei stuttvarig nyting av synda. Han heldt Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. For han såg fram til løna som venta. I tru drog han bort frå Egypt utan å vera redd kongens vreide. Det var som om han såg den usynlege, og difor heldt han ut. I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så tyningsengelen ikkje skulle røra dei fyrstefødde av israelittane. I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei. På grunn av tru fall Jerikos murar då folket hadde gått ikring dei i sju dagar. Ved tru vart skjøkja Rahab berga, så ho ikkje miste livet saman med dei vantruande; for ho hadde teke vel imot speidarane. Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane. Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, stoppa gapet på løver, sløkte veldig eld, slapp unna kvasse sverd, gjekk frå vesaldom til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt. Kvinner fekk att sine døde; dei stod opp. Somme vart lagde på pinebenken og sa nei til frigjeving. Dei ville heller vera med i oppstoda til eit betre liv. Andre laut tola spott og piskeslag, ja, jamvel lekkjer og fengsel. Somme vart steina og pinte, gjennomsaga eller drepne med sverd. Andre laut fara ikring i saueskinn og geiteskinn; dei leid naud, var i trengsle og fekk hard medferd. Dei var for gode for denne verda. Dei flakka omkring i øydemarker og fjell og heldt til i holer og hellerar. Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss. Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause. I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner: Son min, vanvørd ikkje ¬Herrens tukt, miss ikkje motet ¬når han refser deg. For den Herren elskar, ¬tuktar han, og han refser kvar son ¬han tek seg av. At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom. All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt. Difor, rett dei hangande hender og styrk dei skjelvande kne! Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt. Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren. Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta. Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat. De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending. De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. For Gud er ein øydande eld. Lat kjærleiken til brørne haldast levande! Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester. Kom i hug dei som er i fengsel, som om de var fangar saman med dei. Og tenk på dei som vert pinte og plaga; de har då ein lekam, de òg. Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet. Ver ikkje glade i pengar, men ver nøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg. Difor kan vi vera trygge og seia: Herren er min hjelpar, ¬eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske ¬gjera meg? Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på korleis dei levde og døydde, og ta deira tru til føredøme! Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid. Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det. Vi har vårt eige altar, og dei som gjer teneste i møteteltet, har ikkje rett til å eta frå det. Øvstepresten ber blodet av offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppen vert oppbrend utanfor leiren. Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod. Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn. Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud. Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk. Bed for oss! For vi veit at vi har eit godt samvit; vi vil då gjerne ferdast rett på alle måtar. Serleg bed eg dykk å gjera dette, så de kan få meg att så mykje snarare. Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod, han gjere dykk skikka til alt som godt er, så de kan gjera hans vilje. Ja, gjev han ved Jesus Kristus får verka i oss det som er etter Guds gode vilje. Han skal ha ære i all æve! Amen. Eg bed dykk, brør, ta vel imot desse orda som skal vera ei rettleiing for dykk. Eg måtte skriva så kort til dykk. De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg vitja dykk saman med han. Helsa alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Brørne frå Italia sender si helsing. Nåden vere med dykk alle! Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framandt land. Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod. Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko. Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd. Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand. Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne. Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid. Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. Far ikkje vilt, mine kjære brør! All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar. Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda. Mine brør, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samstundes gjera skil på folk. Set at det kjem to menn inn i kyrkjelyden vår – den eine i fine klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. Så seier de til han i dei fine kleda: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der,» eller: «Set deg her på golvet ved føtene mine!» Om de berre bryr dykk om han i fine klede, gjer de ikkje då skil på folk? Har de ikkje vorte domarar med vonde tankar? Høyr no, mine kjære brør: Har ikkje Gud valt ut dei som denne verda reknar for fattige, til å vera rike i trua og arva det riket han har lova dei som elskar han? Men de har vanvørdt den fattige! Er det ikkje dei rike som held dykk nede og dreg dykk fram for domstolen? Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk? Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett. Men gjer de skil på folk, syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar. For den som held heile lova, men bryt eitt av bodorda, han har gjort seg skuldig i brot på alle. For han som sa: «Du skal ikkje bryta ekteskapet», han sa òg: «Du skal ikkje slå i hel». Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar. De skal dømast etter fridoms lov, og i samsvar med det må de leva, i ord og i gjerning. For domen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn rosar seg mot domen. Mine brør! Kva gagnar det om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og vantar mat for dagen, og ein av dykk seier til dei: «Far vel, kled dykk varmt og et dykk mette!» Kva hjelper det, om de ikkje gjev dei det kroppen treng? Sameleis er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død. Einkvan kan seia: «Den eine har tru, den andre har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg visa deg mi tru av mine gjerningar. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv! Veit du ikkje, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er gagnlaus? Var det ikkje gjerningar som gjorde at Abraham, far vår, vart sagd rettferdig då han ofra Isak, son sin, på altaret? Der ser du: Trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda. På den måten vart det skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig, og han vart kalla «Guds ven». Der ser de at eit menneske vert sagt rettferdig ved gjerningar og ikkje berre ved tru. Sameleis var det med skjøkja Rahab: Vart ikkje ho sagd rettferdig ved gjerningar fordi ho tok imot sendemennene og sleppte dei ut or byen ein annan veg? For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar. Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom. Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen. Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten. Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil. Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann! Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete. Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar. Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift. Med henne lovprisar vi Herren og Faderen, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete. Or same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Såleis må det ikkje vera, mine brør! Kan det vel strøyma både friskt og beiskt vatn or same kjelda? Mine brør, kan eit fikentre bera oliven, eller eit vintre bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn. Er nokon av dykk vis og vitug, må han syna det i gjerning, i eit rett liv merkt av den tolsemd som visdomen gjev. Men ber de på bitter misunning og sjølvhevding i hjarta, då har de ikkje noko å rosa dykk av. Lyg ikkje mot sanninga! Ein slik visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk, reint menneskeleg, ja djevelsk. For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er. Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred. Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar? De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed. Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting. De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk. Tal ikkje vondt om kvarandre, brør! Den som talar vondt om ein bror eller dømer ein bror, han talar vondt om lova og dømer lova. Men dersom du dømer lova, då gjer du ikkje det ho seier, men set deg til doms over henne. Det er berre éin lovgjevar og domar, han som har makt både til å frelsa og tyna. Men kven er du som dømer nesten din? Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» – og så kjenner de ikkje morgondagen og det som ventar dykk då! For de er berre ein røyk som er synleg ei lita stund og så vert borte. De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera dette eller hitt.» Men no rosar de dykk sjølve og brukar store ord. All slik ros er av det vonde. Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han syndar. Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk! Rikdomen dykkar rotnar, og kleda vert mòletne; gullet og sølvet rustar bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta dykkar kjøt som eld. De har nytta endetida til å samla rikdom. Men høyr: Den løna de heldt att for dei som skar åkrane dykkar, ropar høgt, og klageropet frå onnefolket har nått fram til Herren Sebaot. I vellivnad og overflod har de levt på jorda og gjort hjarto dykkar feite til slaktedagen. Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk. Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle. Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart. Hald opp med å klaga på kvarandre, brør, elles vert de dømde. Domaren står alt for døra. Brør, ta profetane til føredøme, dei som tala i Herrens namn; dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt. Og sæle prisar vi alle som held ut. De har høyrt korleis Job heldt ut og har sett korleis Herren lét det gå han til sist. For Herren er rik på medkjensle og miskunn. Men framfor alt, brør, må de ikkje sverja, korkje ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under domen! Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar. Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne. Sanna då syndene for kvarandre og bed for kvarandre, så de kan verta lækte. Rettferdig manns bøn har stor kraft og verknad. Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad at det ikkje skulle regna, og det regnde ikkje i landet på tre år og seks månader. Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde. Mine brør! Om ein av dykk fer vilt og kjem bort frå sanninga, og ein annan fører han attende, då skal de vita: Den som får ein syndar til å venda om frå sine ville vegar, han bergar ei sjel frå døden og løyner ei mengd med synder. Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål! Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid. Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene. Denne frelsa var det profetane grunda på og granska, då dei spådde om den nåden de skulle få. Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. Anden vitna om korleis Kristus skulle lida og sidan opphøgjast i herlegdom. Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den Heilage Ande, som er send frå himmelen. Dette er ting som jamvel englar lengtar etter å sjå inn i. Så spenn då beltet om livet, ver budde i hug og tanke og hald dykk vakne! Set dykkar von fullt og fast til den nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg. Som lydige born skal de ikkje lenger fylgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande. Han som kalla dykk, er heilag; så skal de òg vera heilage i all dykkar ferd. For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag. De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande. De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane; det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam. Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider. Ved han er de komne til tru på Gud, som reiste Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud. I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta! For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer. For alt levande er som gras og all deira herlegdom ¬som blomen på graset. Graset visnar, ¬og blomen fell av. Men Herrens ord varer ¬til evig tid. Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet. Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. De har då smaka at Herren er god. Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ¬ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn. Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela. Lat dykkar ferd mellom heidningane vera rett og god! Og medan dei baktalar dykk og kallar dykk illgjerdsmenn, skal dei sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud for deira skuld den dagen han kjem. For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste, eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt. For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og målbinda uforstandige menneske som ikkje veit kva dei talar om. De er frie; bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera det som vondt er; men bruk han som Guds tenarar! De skal ha vørdnad for alle, elska brorskapen, ottast Gud og æra keisaren. De tenestfolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg. Om nokon finn seg i ufortent liding fordi han kjenner seg bunden til Gud i samvitet, så har Gud hugnad i det. For kva er det å rosa seg av om de toler straff når de har gjort noko gale? Men om de tek det med tol når de gjer godt og endå må lida, då er det til hugnad for Gud. Det var dette de vart kalla til. For Kristus leid for dykk og gav dykk eit føredøme, så de skulle fylgja i hans fotefar. Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje svik i hans munn. Han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømer rettferdig. Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom. De var som bortkomne sauer, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar. Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk. Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra. Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samhuga og syn medkjensle, elska kvarandre som sysken, ver miskunnsame og audmjuke. Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning. Den som elskar livet og vil sjå gode dagar, skal halda tunga frå det vonde og lippene frå svikefulle ord. Han må venda seg frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter han. For Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige, og han vender øyra ¬til deira bøn. Men Herren vender seg mot dei ¬som gjer vondt. Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode? Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma, men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig. Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine. For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt. For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde. Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda. Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking. No undrar dei seg når de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av skamløyse saman med dei, og spottar dykk. Men dei skal få gjera rekneskap for han som står ferdig til å døma levande og døde. For evangeliet vart forkynt for døde òg, så dei ved Anden skulle leva, liksom Gud lever, jamvel om dei her i verda var komne under den domen som kjem over alle menneske. Enden på alle ting er nær. Ver difor vislege og årvakne, så de kan be. Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga. Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde. Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen. Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt. Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom. Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld; for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk. Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff fordi han er ein mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller fordi han har gjort urett mot andre. Men lid han fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet. For no er tida komen då domen skal ta til, og han skal ta til med Guds eige folk. Men kjem domen over oss fyrst, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium? Og er det vanskeleg for den rettferdige å verta frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren? Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode. Dei eldste mellom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast: Ver hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk! Ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men med ein viljug hug. Gjer dykk ikkje til herrar over den kyrkjelyden som de har fått ansvar for, men ver eit føredøme for hjorda. Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege ærekransen. De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk. Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa. Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar. Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste. Han høyrer makta til i all æve. Amen. Med hjelp frå Silvanus, ein bror eg har tillit til, har eg skrive dette vesle brevet for å rettleia dykk og vitna om Guds sanne nåde. Stå fast i den! Kyrkjelyden i dette Babylon, den som er utvald saman med dykk, sender si helsing. Det same gjer Markus, son min. Helsa kvarandre med venekyss! Fred vere med alle dykk som høyrer Kristus til! Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd har fått den same dyre tru som vi. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål gjennom kunnskapen om Gud og vår Herre Jesus! Då vi lærte han å kjenna som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han oss i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt. Dermed har han gjeve oss dei dyraste og største lovnader; ved dei skulle de få del i guddommeleg natur etter at de har sloppe bort frå oppløysinga i verda, den som kjem av lystene. Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn, skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd, den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik. For når alt dette finst hjå dykk og får veksa, då vert de ikkje yrkeslause eller utan frukt i kunnskapen om vår Herre Jesus Kristus. Men den som ikkje har dette, han er nærsynt, ja, blind; han har gløymt at han er reinsa for sine førre synder. Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast. For gjer de dette, skal de aldri falla. Då skal de få ein fri og open inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike. Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk. Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg er i denne lekams telt. For eg veit at det snart skal leggjast bort; det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita. Og det er om å gjera for meg at de alltid skal minnast dette, når eg er borte. For det var ikkje oppdikta eventyr vi fór med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde. For Gud Fader gav han ære og herlegdom den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.» Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen, då vi var saman med han på det heilage fjellet. Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar. Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud. Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping. Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta. Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei. For Gud sparte ikkje eingong englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke holer heilt til domen. Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, rettferdsforkynnaren, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd med ugudelege menneske. Byane Sodoma og Gomorra dømde han til undergang og la dei i oske; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv. Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska. Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde. Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg. Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter. Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren. Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg. Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei! For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd. Slike menneske er som brunnar utan vatn, skodde som driv med vinden. Det svartaste mørker har dei i vente. For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med sanselege lyster og syndig liv lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vilt. Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av det moralske forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av. For når nokon har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus og har kome fri frå det ureine i verda, og dei så atter lèt seg fanga av dette og ligg under for det, då er dei verre farne enn før. Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært rettferds veg å kjenna, enn at dei fyrst kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. Då har det gått med dei som det så råkande heiter i ordtaket: Hunden snur seg til sitt eige spy, og: Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla. Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug. Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt. Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset. Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur. Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte. Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått. Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er nok somt der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og ustøe vrir på det; det same gjer dei òg med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang. No veit de dette på førehand, mine kjære. Ta dykk difor i vare, så de ikkje fell ut or dykkar faste stand. Lat dykk ikkje riva med og føra vilt av menneske som ikkje har noko å halda seg til. De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han skal ha æra, no og i all æve! Amen. Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen. Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss. Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda. Og på dette veit vi at vi kjenner han: om vi held boda hans. Den som seier at han kjenner han, men ikkje held boda hans, er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han. Men den som held ordet hans, i han har kjærleiken til Gud vorte fullenda. Av dette veit vi at vi er i han. Den som seier at han er i han, må leva som Jesus levde. De kjære! Det er ikkje eit nytt bod eg skriv til dykk, men eit gamalt bod som de har hatt frå fyrste stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt. Likevel er det eit nytt bod eg kjem med, fordi det no har vorte røyndom i han og mellom dykk. For mørkret kverv, og det sanne ljoset skin alt no. Den som seier at han er i ljoset, men hatar bror sin, han er enno i mørkret. Den som elskar bror sin, er i ljoset, og han fører ingen til fall. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og ferdast i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda augo hans. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde. Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde. Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg. For alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid. Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. Og dette er det han har lova oss: det evige livet. Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært. Ja, mine born, ver i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje verta bortviste med skam når han kjem att. De veit at han er rettferdig, og då skjønar de at den som lever rett, er fødd av han. Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han. De kjære, no er vi Guds born; og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er. Kvar den som har denne vona til han, reinsar seg, liksom Kristus er rein. Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot. Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd. Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han. Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig. Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud. Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud. For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige. De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg? Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande. De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda. De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. Vi elskar av di han elska oss fyrst. Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg. Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han. På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru. Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. Det er tre som vitnar: Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son. Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om. Om nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, då skal han be for han, og Gud skal gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd. All urett er synd, men ikkje all synd fører til død. Vi veit at den som er fødd av Gud, syndar ikkje; for han som er fødd av Gud, vernar han, og den vonde rører han ikkje. Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde. Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet. Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane! Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg elskar med ein sann kjærleik, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna. Vi gjer det fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid. Nåde, miskunn og fred frå Gud, Faderen, og frå Jesus Kristus, Faderens Son, vere med oss – i sanning og kjærleik. Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om. Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda. For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn. Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen. Kjem det nokon til dykk som ikkje fører denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje helsa han vel møtt! For den som helsar han, vert medskuldig i alt det vonde han gjer. Eg har enno mykje meir å seia dykk, men vil ikkje gjera det i brev. For eg vonar at eg skal få koma til dykk og samtala med dykk, så gleda vår kan vera fullkomen. Borna åt den utvalde syster di helsar deg. Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg elskar hjarteleg. Kjære ven, mest av alt ynskjer eg at du må få vera frisk og ha det godt, like godt som du har det åndeleg. Eg vart inderleg glad då nokre av brørne kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga; den lever du i. Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga. Kjære ven, du er trufast i all di gjerning for brørne, ja, jamvel for dei som er framande. I kyrkjelyden her har dei vitna om din kjærleik. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på ferda, som rett er for Gud. Det var for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane. Difor bør vi ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga. Eg har skrive nokre ord til kyrkjelyden. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera. Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For han fer med stygg baktale om oss. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot brørne, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut or kyrkjelyden. Kjære ven, ta ikkje det vonde til føredøme, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud. Om Demetrius har alle berre godt å seia, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant. Eg har enno mykje å seia deg, men vil ikkje gjera det i brev. For eg vonar å sjå deg snart, så vi kan tala saman. Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild av dei. Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus. Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål! Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ynske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den tru som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage. For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som etter skriftene for lenge sidan er etla til dom. Dei misbrukar vår Guds nåde, så dei kan leva eit usedeleg liv, og dei fornektar vår einaste hovding og Herre, Jesus Kristus. Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen. Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld. Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter. Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!» Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve. Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne. Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan blygsle et og drikk. Dei er hyrdingar som berre syter for seg sjølve, vasslause skyer som driv med vinden. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, to gonger døde, ja, rivne opp med rot. Dei er ville havbylgjer, skummande opp si eiga skam, vegville stjerner som det evige nattmørkret ventar på. Det var om desse Enok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage englar i tusental. Han vil halda dom over alle og krevja alle gudlause til rekneskap for alle deira ugudelege gjerningar, og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.» Dette er folk som murrar og klagar over lagnaden sin, men lever etter lystene sine. Dei skryter og fer med store ord, og smigrar folk når det gagnar dei sjølve. Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.» Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei. Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv. Dei som tvilar, skal de ha medkjensle med, andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst. Han som har makt til å verna dykk, så de ikkje fell, og føra dykk feilfrie og jublande fram for sin herlegdom, han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid, no og i all æve! Amen. Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han for at han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes. Han er det som her vitnar og ber fram Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett. Sæl er den som les orda i denne profetien, og dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive! For tida er nær. Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol, og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod, og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen. Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen! Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige. Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun. Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa: Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma. Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos: Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt. Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna: Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande: Eg veit om trengsla di og fattigdomen din – men du er rik. Eg veit òg at du vert spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone! Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon: Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet: Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur. Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira: Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse: Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine er betre enn dei fyrste! Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort. Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem. Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga. Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast. Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død. Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg. Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå. Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.» I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen. Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd. I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet. Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder. Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak. Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er ¬og som kjem. Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få all pris og ære og makt. For du har skapt alle ting; du ville det, og dei vart til, ¬skapte av deg. Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?» Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.» Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda. Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. Og dei song ein ny song: Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta og har med ditt blod frikjøpt ¬for Gud menneske av alle ætter ¬og tungemål, av alle folk og folkeslag. Du har gjort dei ¬til eit kongerike, til prestar for vår Gud, og dei skal råda på jorda. I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet ¬som vart slakta, verdig til å få all makt ¬og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia: Han som sit på kongsstolen, han og Lammet ¬skal ha all takk og ære, pris og makt i all æve. Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad. I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!» Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra. Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!» Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd. Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa. Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.» Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!» Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. Dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest, og med hjelp frå villdyra på jorda. Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene åt dei som var ihelslegne for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde. Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og straffar dei som bur på jorda, fordi dei rende ut blodet vårt?» Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til det var fullt, talet på medtenarane og brørne deira, dei som skulle verta ihelslegne liksom dei sjølve. Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ein syrgjebunad, heile månen vart som blod, og stjernene på himmelen fall ned på jorda liksom umogne frukter drys frå eit fikentre i storm. Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytte frå sin stad. Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar træl og kvar fri mann, alle gøymde seg i holer og mellom berghamrar. Og dei sa til fjella og hamrane: «Fall over oss og løyn oss for han som sit på kongsstolen, og for vreiden åt Lammet. For den store dagen er komen, vreidedagen, og kven kan stå seg då?» Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea. Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet: «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!» Og eg høyrde talet på dei som bar seglet: Det var 144 000, frå alle ættene i Israels-folket. Av Juda-ætta var det 12 000 ¬med segl, av Rubens-ætta 12 000, av Gads-ætta 12 000, av Asjers-ætta 12 000, av Naftali-ætta 12 000, av Manasse-ætta 12 000, av Simeons-ætta 12 000, av Levi-ætta 12 000, av Jissakars-ætta 12 000, av Sebulons-ætta 12 000, av Josefs-ætta 12 000, og av Benjamins-ætta 12 000 ¬med segl. Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene. Og dei ropa med høg røyst: Sigeren tilhøyrer vår Gud, han som sit på kongsstolen, ¬og Lammet. Alle englane stod i ein krins om kongsstolen og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor kongsstolen med andletet mot jorda og tilbad Gud og sa: Amen. All lov og pris og visdom, takk og ære, makt og velde høyrer vår Gud til i all æve. Amen. Då tok ein av dei eldste til ords og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei og kvar kjem dei frå?» «Herre,» svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla og har vaska kleda sine og gjort dei kvite i Lammets blod. Difor står dei for Guds kongsstol og tener han dag og natt i hans tempel. Og han som sit på kongsstolen, skal reisa sin bustad over dei. Dei skal ikkje lenger svelta eller tyrsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete. For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal turka kvar tåre frå augo deira.» Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time. Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar. Ein annan engel, som hadde eit røykjelsefat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd røykjelse, som han skulle leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor kongsstolen. Og frå engelens hand steig det opp for Guds åsyn ei sky av røykjelse saman med bønene åt dei heilage. Så tok engelen røykjelsefatet, fylte det med eld frå altaret og kasta han på jorda. Då kom det torebrak og drønn, lyn og jordskjelv. Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa. Den fyrste engelen bles i basun. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjeparten av jorda gjekk opp i logar, og tredjeparten av trea brann opp saman med alt det grøne graset. Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod, og tredjeparten av alle levande skapningar i havet døydde, og tredjeparten av skipa gjekk under. Den tredje engelen bles i basun. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel; og ho fall på tredjeparten av elvane og på vasskjeldene. Namnet på stjerna er Malurt, og tredjeparten av vatnet vart til malurt; og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig. Den fjerde engelen bles i basun. Då vart tredjeparten av sola og av månen og av stjernene råka, så tredjeparten av dei vart mørk; dagen miste tredjeparten av ljoset sitt, og natta like eins. Då såg eg ei ørn, som flaug høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda, når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda.» Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen. Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest. Ut or røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda. Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna. Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske. I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei. Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet. Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner og bringa som ei jernbrynje. Lyden av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid. Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader. Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon. Det fyrste ve er over, men det kjem endå to. Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn. Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!» Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska. Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet. Og såleis var dei hestane og det hestfolket eg såg i synet: Mennene hadde brynjer som var eldraude, mørkeblå og svovelgule; hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel. Tredjeparten av menneska sette livet til i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane. For makta deira ligg ikkje berre i munnen, men i halane òg. For halane deira liknar ormar som har hovud, og med dei gjer dei skade. Men dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om, og heldt ikkje opp med å tilbe det dei hadde laga med hendene sine; men dei tilbad vonde ånder og avgudsbilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå. Dei vende ikkje om frå sine mord og sine trolldomskunster, frå sitt horeliv og si steling. Eg såg ein annan, mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var kledd i ei sky og hadde regnbogen om hovudet; andletet var som sola og føtene som eldsøyler. I handa hadde han ei lita, opna bok. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene. Etter at dei hadde tala, ville eg til å skriva; men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje opp!» Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute. Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.» Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.» Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.» Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen. Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.» Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil. Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære. Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart. Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt: Vår Herre og hans salvevigde har fått herredøme, og han skal vera konge i all æve. Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud og sa: Vi takkar deg, Herre Gud, ¬du Allmektige, du som er og som var, fordi du har teke di store makt og vorte konge. Heidningfolka vart harme, men no er din vreidedag ¬komen, og tida då dei døde skal dømast. Då skal du løna tenarane dine profetane, dei heilage og dei som har age ¬for ditt namn, små og store, og øyda dei som øyder jorda. Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl. Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar. Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.» Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. Og han vart ståande på stranda ved havet. Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?» Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader. Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet og bustaden hans, ja, alle som bur i himmelen. Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag. Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta. Den som har øyro, han høyre dette! Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru. Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666. I same synet fekk eg sjå Lammet stå på Sion-fjellet, og saman med det dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far åt Lammet skrive på panna. Frå himmelen høyrde eg ein lyd som brusen av veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine. Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda. Det er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som møyar. Det er dei som fylgjer Lammet kvar det går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei fyrstegrøde for Gud og Lammet. Det vart ikkje funne lygn i deira munn; dei er utan lyte. Eg såg endå ein engel, som flaug høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og ætter, tungemål og folk. Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmel og jord, hav og kjelder!» Så fylgde ein annan engel etter, og han ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som med sitt horeliv har skjenkt vin til alle folkeslag, ein vreidevin.» Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet. Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, dei som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet åt dyret til merke.» Her gjeld det at dei heilage held ut, dei som held fast på Guds bod og trua på Jesus. Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.» Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa. Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte. Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført. Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet: Store og underfulle ¬er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne ¬er dine vegar, du konge over alle folkeslag. Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre, og æra ditt namn? For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt åsyn, fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre. Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna. Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa. Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve. Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte. Så høyrde eg ei høg røyst frå templet som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!» Då gjekk den fyrste og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, farlege svullar braut ut på dei menneska som bar merket åt dyret, og som tilbad biletet av dyret. Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død, og alt liv i havet døydde. Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod. Og eg høyrde engelen over vatnet seia: «Rettferdig er du som dømer slik, du som er og som var, du heilage. For dei har rent ut blod frå heilage menn og profetar, og du har gjeve dei blod å drikka. Det har dei fortent.» Og eg høyrde altaret seia: «Ja, Herre Gud, du Allmektige, sanne og rettferdige er dine domar.» Den fjerde engelen tømde si skål ut over sola. Då fekk ho makt til å svi menneska med eld, og menneska vart brende i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære. Den femte engelen tømde si skål ut over kongsstolen åt dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pinsle. Men pinslene og svullane deira gjorde at dei spotta Gud i himmelen, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar. Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. – «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» – Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon. Den sjuande engelen tømde si skål i lufta. Då høyrdest det frå kongsstolen i templet ei veldig røyst som sa: «Det har hendt!» Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levt menneske på jorda – så kraftig var det. Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folka vart lagde i grus. Gud kom i hug det store Babylon, og det laut ta imot staupet med hans harme- og vreidevin. Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir. Svære hagl på hundre pund fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for den plaga som haglet var, for plaga var fælsleg. Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.» I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn. Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt. På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne. Eg vart full av undring då eg såg henne. Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att. Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.» Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.» Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.» Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.» Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne. Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.» Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger: skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor; kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske. Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir. Dei som handlar med slikt, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skræmde av hennar liding. Dei skal gråta og syrgja og seia: «Ve, ve deg, du store by, du som var kledd i fint lin og purpur og skarlak, og som lyste av gull og dyre steinar og perler! På éin time er all denne rikdomen tapt.» Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte. Dei såg røyken då ho brann og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?» Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: «Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.» Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk. Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast. Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd. Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte. I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.» Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song: Halleluja! Sigeren og æra og makta ¬høyrer vår Gud til, for sanne og rettferdige ¬er hans domar. Han har dømt den store skjøkja, ho som øydela jorda ¬med si utukt, og blodet av tenarane sine har han kravt av hennar hand. Endå ein gong ropa dei: Halleluja! Røyken frå henne stig opp ¬i all æve. Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!» Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa: Halleluja! Herren vår Gud, ¬Den Allmektige, har vorte konge! Lat oss gleda og fagna oss ¬og gje han æra! Tida er komen då Lammet ¬skal halda bryllaup! Brura har butt seg; ho har fått ein bunad ¬av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage. Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet. Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane. Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.» Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira. Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund. Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år. Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt. Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og talet på dei er som havsens sand. Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei. Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve. Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen. Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.» Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.» Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura, maken åt Lammet.» I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud. Byen hadde Guds herlegdom, og han stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis. Han hadde ein stor og høg mur med tolv portar. Ved portane stod det tolv englar, og namna på dei tolv Israels-ættene var skrivne der. Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest. Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, namna på dei tolv apostlane åt Lammet. Han som tala med meg, hadde ei mælestong av gull; med den skulle han mæla både byen og portane og muren. Byen var ein firkant, like lang som brei. Og engelen mælte byen med mælestonga: Han var 12 000 stadier lang og like brei og høg. Så mælte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål. Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas. Grunnsteinane i bymuren var prydde med alle slag dyre steinar. Den fyrste grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd, den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst. Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata i byen var av reint gull, klår som glas. Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans. Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. Og alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føra dit. Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet. Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve. Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda. Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.» Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene på den engelen som hadde synt meg det; eg ville tilbe han. Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og dine brør profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!» Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn. Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje. Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka. Han som vitnar dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus! Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!