Bondestudentar ELTeC-utgaven Garborg, Arne (1851-1924) ELTeC encoding Michael Preminger 183721 216 COST Action "Distant Reading for European Literary History" (CA16204) Zenodo.org ELTeC ELTeC release 1.1.0 ELTeC-$textLang ELTeC-$textLang release Teksten i bokselskap.no er basert på xml-fil mottatt fra Universitetet i Oslo/dokpro.uio.no. Dokpros tekst er hentet fra Skriftir i samling, b. 1, Aschehoug, Kristiania, 1921. 1921 Kristiania Aschehoug (W. Nygaard) NB. bokhylla A. Garborg Bondestudentar. Bergen Fr. Nygaards Forlag 1883 https://www.wikidata.org/wiki/Q3423739

Converted by checkUp script for new releaseChecked by checkup scriptran oldCheckUp to update La inn manglende entitet for iacute. Kodekontroll. ENW Kodet om teksten til TEI P5.

I.

Thi ser I til, som aarle opstaa – Og sidde om Aftenen silde – Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro – Saa ville I gjøre eder rige: – med Kummer I æde det harmelig Brød, – Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød', – Naar de monne sødelig so-ove, – song dei inne hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald Maandags Morgo i April.

Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huse; for Ole Johannes var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje vakt; og alt um han stundom hadde freista paa aa umvende seg, so hadde han ikkje fengi dette til, totte han; so det laut vera til han vart gamall og fekk betre Stundir. Men han tenkte likevel at det var best aa halde seg til Guds Ord so mykje ein kunde; han heldt Bøn kvar Morgon, og i desse Bønnestundine maatte heile Huse vera med.

Fyrst song dei ein Salme; so las Ole Johannes Bøni i Salmeboki, og dessutan stundom eit Stykke i Skattkista; for Ole Johannes var god til aa lesa; sistpaa bad han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det var ikkje alltid at Salma av Kingo høvde til Stykke i Skattkista; men det gjorde det same; det var Guds Ord alt; og Guds Ord hadde ein alltid godt av aa høyre.

I Dag raaka det elles so til, at Salma og Teksti høvde godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje skulde syte for Mat og Klæde; Vaarherre vilde sjølv syte for alt slikt. Fødde ikkje Gud Sporven paa Take og Lilja paa Marki, endaa dei korkje saadde eller spann; og var ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte tilslutt um Enkja i Sarepta og um Enghønune i Øydemarki, og tala strenge Ord um den Vantrui som gjorde, at i Staden for aa slaa vaar Lit til Vaarherre so gjekk me og stræva og sytte for desse arme jordiske Ting, liksom det var me som kunde faa Grase til aa gro eller Korne til aa vekse.

Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar, lika baade Salma og Lesestykke; og ynskte berre at dei no vilde lìva etter det. Men daa Bøni var lesi, og Ole Johannes tok med seg baade han Lias – eldste Sonen – og han Reinert – Tenestguten – og Daniel ut i det surkalde Vêre paa Vaaraann-arbeide – hu! daa var det ikkje fritt for at Daniel totte dette var ein underleg Maate aa liva etter Guds Ord paa.

Det heldt på med Blaastr og Smaaslut, so det var reint ufjelgt aa arbeide. Daniel tenkte paa si varme Seng, og paa Stogo der heime som Mor visst no hadde sopa og fengi varm, so der var koselegt aa vera. Hadde no berre desse vaksne havt Vit til aa tru paa det som stod med klaare og reine Ord i Boki! Vesle Daniel giorde baade undrast og harma seg. Han sette seg fyre at han vilde spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk det var Moro aa gaa slik aa træle? Eller var det ikkje sant det som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange Spursmaal um dette, totte han. Men naar han skulde til, blygdest han; og det hadde so nær gjengi som det vanleg gjekk, naar han tenkte paa aa segja eller spyrja um noko: det hadde so nær ikkje vorti av. Men som Daniel stod der og skugra og fraus og var reint ille i Lag, stana Ole Johannes med Plogen like ved han; og ingin annan var paa Høyrslemaal. Daa skaut Guten Hjarta i Live, snudde Ryggen til Far sin, snugga seg og fraus og sagde: her er ufyse aa vera ute i Dag.» – «Aa ja,» meinte Ole Johannes; «men vil me ha Mat til eit anna Aar, so lyt me nok vera ute.» – «Ja men … kvi stend det daa slikt i Boki … som det me las i Dag?» stota Daniel; han stanga med Moldgreipi i Treskoen sin; det var fælt rart aa koma med slike Spursmaal. Ole Johannes vart reint forundra, ja mest rædd. Kor kunde Guten koma paa sovori? Endeleg sagde han, og slog paa Gampane til aa faa deim i Gang att: «soh! hypp! Der stend det i Boki, Far min, at … soh! vil du goh! … at den som ikkje vil arbeide, skal heller ikke æde; veit du ikkje det? Hypp! soh!» – Gampane vreid seg seint og syrgjeleg fram i Selen att, strìta og sterta og kom endeleg i Veg, magtlause og arme som dei gjekk der og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes skeivla avstad etter Plogen og tenkte med seg: «jamenn er der Hovud paa Guten; han er mest for god til aa vera Bonde.»

Men Daniel stod etter motfallin og litin og undrast paa, at alltid skulde daa dei vaksne hava Rett. – –

– Vaarvinna var endeleg slutt; no skulde det vera Skule ei 3–4 Vikur millom den og Slaatten. Ole Johannes lika ikkje denne Skulebolken midt paa Fyrisùmaren; for daa hadde dei Bruk for Smaagutane heime. Og det var ikkje fritt han slog paa, at det var best Daniel var heime av Skulen i Aar. Men daa vart Daniel reint utav det. Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han aa arbeide; der fekk han leike seg i Sundagsklæde saman med Felagar; og inne i Skulen greidde han seg, so at han lika seg der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk han til Mor si og sutra og bad for seg; og ho Mari laut daa som vanleg vaaga Trøya for Guten sin. Og ho fekk fram det ho vilde; ho visste kva Kant ho skulde taka Gamlen fraa. «Du ser det er Hovud paa Guten,» sagde ho; «og Hug til Boki hev han au; kven veit, kva det kann verta av han, dersom han fær Lærdom?» – «Aa, han fær vel halde seg til den Stand og Stilling, som Vaarherre hev sett han i,» svara Ole Johannes tvert. «Ja ja; men me hev no set so mangt av det Slage,» svara Maren. «Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe, som vart Prest! – Ja, me skal no ikkje tenkja so høgt, veit du; men det er daa ingin som veit noko.» – «Du snakkar som du hev Vit til,» meinte Ole Johannes. «Men naar Guten plent vil paa Skulen, so fær han vel gaa daa, veit eg!» – Glad var Mari, og endaa gladare Daniel.

Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det reinslegt og koselegt inne naar Skulen var paa Garden; og Skulemeistaren var snild; han slog ikkje andre enn deim som gjorde Fantestykkje; og det gjorde Daniel aldri. Og ikkje Judit heller. Det maatte vera gildt aa vera Skulemeistar. Her kunde han gaa inne all Dagen turr og varm, ja sundagsklædd og fin, og vyrd som ein framifraa Mann av alle. God Mat fekk han au; og Skulen var daa ikkje stort anna enn ein Leik mot aa gaa og vabbe i Moldi. Daniel tenkte tidt med seg: den som kunde verte Skulemeistar!

Paa Skulen fekk han ein Dag ei Utgreiding um Arbeide som han lagde Merke til. Dei hadde i Forklaaringi um Syndefalle; og der viste det seg daa, at Arbeide var komi av Syndi. Hadde ikkje Syndi vori, so hadde me vori frie Arbeide. Vel hadde Adam og Eva arbeidt paa ein maate i Paradis au; det stod at dei var sette i Edens Hage til aa dyrke og vakte den. Men fyri Syndefalle var Arbeide berre som ein Leik eller ei Moro; for daa var Natturi so godviljug mot Menneskje at Arbeide gjekk av seg sjølv, og gav dei rikaste Fruktir for mest inginting. Derimot etter Syndefalle hadde Natturi vorti so vrang og forvend, at ho berre gjorde Motstand mot Menneskje; Arbeide no var ein tung Trældom i Sveiting og Stræv; og endaa gav Jordi so lite av seg, at det berre var so vidt me kunde lìva. Dette totte Daniel han forstod. Arbeide var ei Straff! Det var som naar dei sette vonde Folk paa Tukthuse. Aa den Skarven den Adam, som berre for eit einaste Eple hadde ført all denne Trældomen yvi oss; og det han som hadde Hagen full av Eple og Kirsebèr, som han kunde eta av so mykje han berre vilde!

Men, heldt Læraren fram, maatte ein ikkje segja at Gud var streng, naar han straffa oss paa denne Maaten? Var det ikkje stygt av Gud aa leggje so hard ei Tyngsle paa oss? Daniel visste at ein maatte ikkje segja Gud gjorde noko som var stygt; han svara hugheilt Nei, endaa han i Grunnen undrast paa, korleis Læraren vilde klara dette. Men det viste seg, at Læraren her som elles visste korleis han skulde klara det. Nei, sagde Læraren; det var ikkje stygt av Gud. Tvertimot! For etter Syndefalle trong me um aa arbeide i Slit og Stræv; elles vilde Syndi faa altfor stor Magt med oss. Det var eit gamalt Ord som sagde, at Lediggang var Satans Hovudgjerd; og var ikkje det sant? – Jau. – Jau; det var sant. Hadde me ikkje denne Trældomen paa oss, so vilde Djevelen fylle oss so upp med vonde Tankar og freiste oss so hardt til alt som vondt var, at det vilde ikkje bli livande for oss paa Jordi. Læraren fekk sistpaa ut, at endaa Arbeide i Grunnen var ei Straff, so var det likevel ei Velsigning. Daniel kjende seg reint litin under all denne Visdomen; det nytta nok ikkje for Smaafolk aa vilja gjera seg Tankar um nokon ting.

Han vart mest rædd seg sjølv, som hadde so lite Arbeidshug. For daa maatte den Vonde lett kunna faa han i si Magt. Men fyrr han vardest fekk han Trøyst mot denne Suti. Det var ikkje berre Arbeide med Hendane som var Arbeid, sagde Læraren; langt ifraa. «Kva meiner de um Presten? Arbeider ikkje han?» Daniel svara jau, som han skýna han skulde. Og Svare var rett. Presten, Futen, Skrivaren, Amtmannen, dei arbeidde i Røyndi likso mykje som me, og stundom meir; «og kva trur de er stridast: Hand-Arbeid eller Hovda-Arbeid?» Fleire tok i Miss her. Men Daniel skýna kva Svar Læraren vilde hava og svara høgt og trygt: det er tyngst aa arbeide med Hovude. Og Læraren gav Daniel Rett; gjorde endaa Narr av dei andre som kunde svara so tankelaust. Dei skulde freiste aa arbeide med Hovude, liksom Presten, dei, so skulde dei faa kjenne! Den som skulde sitja baade Natt og Dag og lesa i djupe Bøkar og studdere framande Maal, ja lesa sjølve Bibelen i Grunnteksti, so kunde ein nok faa Sveiten ut, meinte han; dette Arbeide leitte og so mykje meir paa Helsa.

Daniel vart forundra. Men glad og; no visste han, at han kunde bli baade Skulemeistar og Prest for den Skuld; Djevelen fekk ikkje meir Magt med han for det. Tvertimot, kunde han vel vìta!

Han skýna dette um Arbeide no. Det var Slite med Hendane som var paalagt til Straff; men Stormannsarbeide, det var høgt og fint, og gav dertil Ære og gode Dagar. Og daa han sidan ein Gong i Kyrkja fekk høyre att det Salmeverse um, at «Gud giver sine baade Klæder og Føde, naar de monne sødelig so-ove», so skýna han med ein Gong, at det var Prestane og dei høge som Gud heldt for «sine» og gav Mat og Klæde medan dei laag og sov; aa, den som kunde koma i deira Lag. Ja um ein berre kunde bli Skulemeistar! –

– Ætti paa Sørbraut var ikkje gamal; dei mintest ikkje lenger att-ende enn til Farfar hans Ole Johannes. Men det skulde ha vori ein Raring. Han hadde vori ute i Kongens Teneste; og daa han kom heim att var han so klok vortin, at han meinte han skulde kunna faa til eit Gangverk som gjekk av seg sjølv. Dette fekk han ikkje til; men han skulde ha laga ihop mange snodige Greidur. Son hans hette Dagfinn; det var honom Daniel var uppkalla etter; han hadde vori Skattegravar. Alle dei Haugar som paa Garden fanst hadde han rota upp; men han hadde ikkje funni anna enn noko gamalt Jønnskrap. Og Garden hadde han ikkje brýtt seg um. So kom Ole Johannes. Han hadde vori Skulemeistar i Ungdomen og galdt for ein klok Mann. Men stilt fór han og smaatt; og ein Arbeidar var han so trugin som ein Træl; og dei sagde han hadde arbeidt seg so vidt upp no, at han mest var skuldfri paa Garden. Han hadde tri Sønir. Den eldste, han Elias – «Lias», som han heitte til Kvardags –, var ein tung Slamp, men ein Arbeidstræl liksom Faren; den andre, han Jeremias, hadde fari til Sjøs og vedkjem ikkje denne Sogo; etter Jeremias kom ei Dotter, Naomi, som «hadde vori so sæl at ho hadde fengi døytt»; so kom Judit; og so Daniel. Han svìpa visst attpaa gamle Dagfinn; for der var Hovud paa han, sa Folk; han «var den klokaste i heile Huse». Det var ikkje nok med at han kunde lesa og skrive og rekne med; «han var so brennande god til aa svara or Grunnen»; «det var som han kunde vera Son aat Presten mest». Men Arbeidshug hadde han ikkje; «han kunde visst ha best Hug til aa vera Skattegravar liksom den han heitte etter».

Men større Draumar vaks hjaa Daniel.

Det gildaste og gjævaste som fanst, det var dette store straalande – Taarn, liksom, av Magt og Glans, som bygde seg upp i Lande fraa Lensmann og Skulemeistar gjenom Prest og Fut og Skrivar og Amtmann høgre og høgre, meir og meir glimande, like upp til Kongen, som stod øvst paa Toppen og var klædd i berre Gull. Dei som høyrde med i dette Taarnverke var store og megtige og fine og kloke; men dei som ikkje fekk vera med der, dei var liksom Israels Born i Ægypti, daa dei gjekk og reidde Leir for Kong Farao. Berre aa faa sjaa desse Kongens Tenarer i deira fulle Glans totte Daniel var ei Høgtid. Som dei steig fram for den glaapande Mugen i sine herrelege Klædningar, strake og høge, med glinsande blanke Styvlar, med snøkvite Kragar um Hals og hendar, med blanke Brillur yvi morske Andlit og med Gullkjedur og Gullringar baade her og der, syntest dei for Daniel som noko himilskt og forunderlegt, som han aldri kunde sjaa seg mett paa. Og so audmjuke som Folk stod, naar desse Storkarane viste seg, og so bøygd og litin som jamvel den gildaste Bonden vart, berre han skulde tala med ein av deira Kantorgutar! Det var Karar som hadde Magt. Og so fint som dei tala! Eit Høgtidsmaal var det; det reine Gudsord mot vaart tunge seine Bondemaal. Og so lærde og kloke som dei var. Naar dei tala til ein, galdt det berre aa vera gløgg til aa forstaa, og snøgg til aa samtykkje. Dei lika det, desse store, naar Folk forstod deim strakst, og sagde ja med sama; for so slapp dei aa segja det uppatt. Og um ein kannhende hadde ei onnor Mening, so maatte ein aldri vera so styvin at ein kom fram med den so dei høyrde det; nei; med Kongens Tenarer galdt det aa fara fint; for dei bar ikkje Sverde forgjæves, som der stod i Katekisma. Det var noko med det fyrste ein laut lære, det, at ein aldri maatte motsegja ein Storkar. Og enn slik som det var aa koma inn til desse folk! Daniel hadde vori med Far sin paa Prestegarden eit Par Gongir, so han visste det. Der var so reint og fint at ein maatte tru dei vaska Golve kvar Dag. Og Stolar og Bord var gjorde av Tre som blenkte; og der var Blomar i Vindaugo fagre som i Paradis og Forheng so lette og kvite som Kveldskyir paa Himilen; og paa Veggen var der Bilæte som var so reint paa ein annan Maate enn den Jomfru Maria og den Keiser Nikolaus dei hadde heime, at der var ikkje Liknament. Og blanke Messinghamrar i Dørom; og Glasskaap med raude og blaae og forgyllte Bøkar; og eit stort underlegt Spél som dei klunka paa so vent at ein kunde graate; og eit kvitt Marmorhovud uppe paa ei Hylle; og so mange, mange fine Ting som han ikkje visste Namn paa; og yvi det heile ein Daam, noko reint og mildt og himilskt; ein fin Ange som han ikkje kunde forklaare seg, og ein linn, mjuk, smeikjande Varme som ikkje tyngde, og som ein ikkje vart svevnug av… aa, aa; det var ikkje til aa utsegja.

Alt dette bygde seg upp for Daniel til ein Himil paa Jordi, som han knapt torde drøyme um aa naa, men som han drøymde um jamt endaa. Di eldre han vart, di meir tenkte han med seg, at fanst det Raad, so laut han ut or Trældomen og Tre-skorne og Vadmaalsbroki og den laage, myrke Bondestogo. Aa, den som berre var vaksin!

I Bygdi gjekk der ei stor Fraasegn um Son hans Jo Kleppe, han fraa Berg Sokn, som hadde vori i Kristiania og «lesi seg fram til prest». Han hadde stræva i mange Aar fyrr det vart noko av; for det var nok ein fælt strid Skule. Gong paa Gong laut han upp til Prøve; og det gjekk stundom gali og stundom godt. Det hadde nok spela reint paa Vite for Guten sùme Tidir; men paa hadde han drivi og fram hadde han vunni; «og no,» enda Sogo, «er han Prest der nordpaa ein Stad, og hev kanskje sine 600 Dalar um Aare!» Det var Oskeladden som hadde vunni Kongerike; for Daniel lyddest det som Lurtonar som lokka til Eventyr.

Skulde slikt kunna hende med honom? Presteskulen var skræmeleg dyr. Sjølve Rikingen Jo Kleppe hadde vorti Fant, av di han hadde kosta so mykje ut paa Sonen. Og han Far, Stakkar, han var nok ingin Riking han.

Men meir og meir drøymde Daniel um Presteskulen. Kven kunde vita; det var ein som styrde alt. Og det kunde koma baade Raad og Hjelp, naar berre han vilde.

Dei hjelpte han aa drøyme, Bygdefolke med. «Det kunde verta noko stort av den Guten,» fekk han stundom høyre at den eller den hadde sagt, «berre det var nokon som vilde halde han paa Skular.» Noko stort! Det maatte vera Prest, det. –

– Dei hadde fenge ein ny Kapellan der i Gjelde for eit Aars Tid sidan: han heitte Hirsch og var austantil. Det skulde vera slik ein snild Mann, denne Hirsch. Daa Daniel gjekk og las, fekk han gaa for honom.

Der var noko serskilt med denne Mannen. I Kristiania var han komin i Lag med Folk som hadde ført han med seg inn i ein reint ny Tenkjemaate; av deim hadde han lært noko som Embættsmennar aldri hadde visst um fyrr: «Tru paa Folke» og serleg Tru paa Bonden.

Det var Bonden som sat inne med dei bundne Kraftir i Lande. Hjaa Bonden drøymde dei uløyste Tankar, som skulde reise det nye Norig. No var Hirsch komin paa Bondebygdi. Og alt um han i Grunnen totte Bonden saag annarleis ut enn han hadde tenkt, so drøymde han likevel stødt um den Aandskrafti han meinte han her skulde finne.

Kapellan Hirsch lagde snart Merke til Daniel. Han lika denne sterkbygde Guten med det rolege godslege Andlite; serleg lika han Augo. Dei kunde sjaa so blidt og trufast paa ein, desse Augo; det drøymde Aand i deim, meinte Hirsch. Og til hans store Glede viste det seg, at Guten hadde Gaavur. Det var ikkje nok med at han lærde Leksune; han skyna det han las, og visste so merkeleg godt aa finne dei rette Svari. Med stigande Vonir fylgde Kapellanen Guten ut gjenom Bøkane. Og sistpaa visste han, at dette var ei bundi Kraft. Han spurde etter um Daniel hjaa Læraren hans, og fekk høyre baade av honom og av anna vìtugt Folk, at det var ein Gut med gode Gaavur. Kapellan Hirsch vart so glad som han skulde ha funni Gull. Og han sette seg fyri at han vilde freiste aa løyse denne bundne Krafti. Eit stort Verk vilde det vera. Ein einaste Mann som gjekk frisk og sterk fram av Folkegrunnen, vilde kunne gjera meir enn nokon av oss andre i det nationale Atterfødingsarbeid; det skulde me her med Guds Hjelp faa sjaa.

– Daa Daniel var konfirmera, fekk Kapellanen ein Sundag fat i Far hans med Kyrkja. Og han talde for Ole Johannes det beste han kunde: denne Guten burde ein sjaa aa faa hjelpt fram. Ole Johannes vart so fornøgd yvi dette, at det var so han raudna i sine gamle Kjakar. Men det vilde no vel bli for dyrt? Kapellanen svara, at han vilde lesa med Guten sjølv so langt han kunde, og det skulde ikkje koste nokonting. Daa blenkte det sterkt upp i Augo hans Ole Johannes Sørbraut. Dessutan, heldt Kapellanen fram, skulde han tala med Klokkaren, so Daniel kunde faa gaa fritt paa Klokkarskulen; det var mangt han best kunde lære der. Ja dette var fælt snildt av Presten, sa Ole Johannes. Reint overlag snildt var det; men … var ikkje Presten rædd det kunde vera faarlegt for Guten aa faa so mykje verdsleg Kunskap? – Nei; Kapellanen meinte at mykje Kunskap gjorde ein Mann godt; det var litin og falsk Kunskap, som «uppblés». Ja, ja; Presten forstod no det best han. Men trudde Presten, at det kunde vera Raad, at Guten kunde … koma so langt fram? – Ja; Kapellanen trudde han kunde koma langt fram. Han vart sistpaa trøytt av alle desse aandlause Motlegg og Tvilsmaal hjaa denne Bonden; han sagde han totte ikkje Ole Johannes burde setja seg imot dette, naar han so tydeleg saag det var Guds Vilje; han skulde tenkje Vaarherre kannhende hadde større Tankar med Guten enn han kunde forstaa. Daa Ole Johannes høyrde dette, gav han seg. Tilbòde var no og so godt, at i Grunnen kunde ein ikkje bjode det av. So gjekk Ole Johannes heim baade byrg og uroleg yvi det som i Dag var avgjort. Men Kapellanen var glad som ein Landvinnar. Det skulde bli eit herlegt Arbeid aa faa saa og plante i slik ei naturfrisk Barnesjæl.

Daniel var som ør av Glede. Han gjekk og lo ein heil Dag. At slikt kunde hende! At han, som berre var ein stakkars Bondegut, kunde hava slik ei Lykke! Aa Gud velsigne den Presten Hirsch; han vilde aldri gløyme Presten Hirsch dette; nei aldri. –

Ein Dag ut i Viko rusla gamle Ole Johannes paa Bygdi og laante seg nokre Dalar, som skulde vera til Bøkar. Det var som heile Huse kom i Høgtidslag. Men ute paa Bygdi tala dei no med Forundring, og helst med Fliring, um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv at han vilde bli Prest.

II.

Var Kapellan Hirsch glad for han hadde raaka paa ei bundi Kraft, so var han ikkje mindre glad for at han skulde faa prøve sin nye Metode.

For den visste han var god. Det var den naturlege. Den, som alle Meistrar i Uppfostringskunsti hadde brùka. Han vilde ikkje plugge Guten full av Bokstavar; han vilde lære han Livsvisdom. Dyrke hans Hjarteliv som hans Tankeliv; lære 'n aa kjenne aa elske Aand. Ei frisk Naturkraft soleis fostra, den maatte vekse seg fram til noko ut-ifraa.

Daniel kom til Presten i glade og urolege Tankar. Han venta seg Leksur so lange som Kyrkjevegen, og ei Utspyrjing so streng som paa Domedag. Men so fekk han høyre at dei ikkje skulde bry seg med Leksur. Og istadenfor aa spyrja sette Kapellanen seg til aa fortelja. Han ikkje so mykje som bad Daniel «høyra vel etter» dessmeir, so han kunde «hugse det til næste Gong». Daniel undrast med seg. Kunde slikt bera fram til Lærdom og Eksamen?

Naa; Kapellanen skýna vel det best, han. Kapellanen visste nok kva han gjorde. Det var kannhende paa den Maaten dei tok det, desse fine; dei brydde seg vel ikkje um aa træle med Leksur og slikt dei.

Men daa Kapellanen ein Dag fortalde han, at den Maaten dei her bruka ikkje var den vanlege Latinskulemaaten, vart Daniel uroleg. Han stirde med store Augo paa denne Mannen som vaaga aa brùka sin eigen Skikk og trudde seg klokare enn baade Bispar og Provstar. I Grunnen vilde Daniel helst havt det som ein vanleg Latinskulegut. Og han hadde kjent seg tryggare, um han hadde visst dei gjekk fram paa den fyriskrivne Maaten. Men ein kunde ikkje segja slikt til Kapellanen. Han slo seg til Ro og saag paa Læraren sin med Augo som sa: du veit det best; gjer med meg som du synest.

Det var Sogo Kapellanen i dei fyste Timane dreiv paa med. Daniel hadde kvar Gong den tyske Maallæra med seg, og lagde ho paa Borde framfyre seg som ei tagall Bøn; for so lengi han ikkje kunde Tysk, var han ikkje klokare enn andre Bøndar. Men Kapellanen let det tyske liggje.

Dess meir fortalde han um vaare gamle Fedrar. Og serleg lagde han ut um Trui aat desse Fedrane. Fram steig dei for Daniel i lysande Rad, desse høge «Aser», som han aldri fyrr hadde visst var til; Gud etter Gud kom dei straalande, fyrst tri i Tale, sidan tolv, og «Aasynjerne» med, store og fagre, med lysande Haar, med Gulltaarir, med Aasyn ljose som Dag-Randi, med Augo so klaare som dei bleike Stjernur. Og Odin sat høg i Hlidskjalv med sine Ramnar; han saag ut-yvi Verdi og visste alt. Men Thor rulla rundt ikring alle Himlar og slog Jøtnane i Stein med Hamaren sin. Balder var den milde Ljosguden som skifte rett millom alle, men laut døy for Lokes List og fara til Hel; Frøy var Gud for gode Aar og ein veldig Herre, men gav burt sitt gode Sverd av Elsk til ei Gygr. Daniel hadde aldri høyrt slikt; han sat og lydde, so han gløymde baade det tyske og alt anna; han stirde paa Læraren sin med Augo so blide og trufaste som Augo paa eit Barn eller ein Hund.

Det var eit Par forunderlege Augo, tenkte Kapellanen. Dei hadde noko ved seg som han lengi ikkje fann Ord for; men endeleg forstod han det: dei viste slik ei Gaave til aa tru . Men var det ikkje netupp den Gaava Tidi trong um? Staalsliti og sjuk laag ho og geispa etter Tru som Fisken paa Land etter Luft; gjenom alle sine Dikt skreik ho etter Vilje og Tru; den, som skulde kunna frelse no, maatte vera Mannen med Barnetrui. Og den hadde Bonden. Vaarherre hadde stelt det so godt for dette Lande, at naar Trui dovna av i dei øvre Lag, so kunde dei nedre Lag stige fram og frelse; det var dette som fyrst og fremst gjorde Bonden til vaar Fremtidsvon. Alle store Gaavur nytta lite utan den sterke, hugheile Trui; men med den skulde Bonden, rik paa Kraft som han elles var, byggje det nye Norig.

Kapellanen heldt lengi paa med den «nordiske Gudetru». I den livde vaar gamle Folkeaand sterkast og klaarast; gjenom den var det at Normanna-Anden skulde vekkjast paa nytt. Og han saag at ho grodde i det unge Sinn. Det var forunderlegt, det var styrkjande aa sjaa, kor lett denne unge Sonen kjende seg att i Tankeheimen aat sine Fedrar.

Men Daniel var upp i Under yvi all den Visdomen som Fedrane hadde hadde[sic] nedlagt i Gudelæra si. Han gjekk heim fraa desse Timane i djupe gamalnordiske Draumar og tenkte med seg, at dei gamle Nordmennane laut ha vori anna til Karar enn desse Kruslingane no for Tidi.

Men daa han ein Dag fortalde Mor si kva han lærde hjaa Presten, vart ho forskræmd og spurde um Presten vilde gjera han til Heidning. Han maatte telja for henne baade lengi og vel, fyrr ho vart roleg; og han tala aldri um dei «høge Aser» heime meir. Men di mindre han torde fortelje, di meir drøymde han.

Ole Johannes spurde ender og daa etter um han lærde mykje Tysk. Daa var Daniel i Beit. Men han fann paa aa segja at det var so mykje ein maatte lære fyrr ein kunde taka paa med det tyske; og det lét Ole Johannes seg lite med. Paa same Maaten greidde Daniel seg, naar Bygdefolk spurde um dette. Vilde nokon vita kva det var ein laut lære fyrr ein kunde byrja med Tysk, svara Daniel at det var «Grammatik og slikt noko»; det visste han at ingin skýna.

Det dei dreiv mest med jamsides Sogo var « Modersmaal». Her vilde Kapellanen heller ikkje taka det paa Latinskulemaaten. Dei skulde ikkje «pugge Grammatik». Det naudsynlege av den kunde Daniel faa inn etterkvart; Indhalde, Tankane, Aandi var det som det galdt aa faa Tak i.

Den Skatt av store, vekkjande Tankar som me aatte i vaar «nordiske Skjaldskap» var so rik, at naar me rett eigna den til oss, so kunde me hjelpe oss utan Laan fraa Tyskland eller Rom. Og daa Kapellanen tok til aa gjenomgaa «Skjaldar» med Guten, vart der Aand nok. Mest dreiv dei paa med Sogu-Dikting. Slike som Holberg og Wessel vart lett yvifarne, endaa Kapellanen roste deim sterkt; dess djupare grov dei seg ned i Øhlenschlæger og Grundtvig. Daniel som fyrr ikkje hadde lesi anna enn Bønir, Preikur og Olger Danskes Krønike, vart forundra; kunde beintfram Folk skrive so djupe Ting? Men han fekk vita at Skaldane var ikkje beintfram Folk. Dei var inspirera. Og det totte Daniel var rimelegt.

Sidan las dei nyare norske Diktarar; den aandfullaste av desse var Bjørnson. Men daa dei kom til Folke-Eventyri og Folkesegnine, lika Daniel seg best. Her fekk Kapellanen inn so mykje Aand, at heile Verdi tok til aa livne; Fjelli stod og tenkte; Skogen fortalde Eventyr; Havet sukka i lange Dyningar og song um uendelege Ting; langt uppi Lidom gjekk Huldri og lét paa Lur; Tussefolke heldt Dans i Haugar og Hamrar; under Fossen sat Grimen og spela so alting grét; ute paa det bleike, maaneljose Have laag Havfruva den fagre og lokka og song, so Sjøgutane fekk Hjarte-Ilt av Elskhug. Det maatte vera underlegt aa vera Skald, so ein kunde faa høyre slikt!

Etterkvart fekk Daniel inn heile den draumrike Visdom som Læraren hans livde paa.

Det stod ikkje godt til i Lande i desse Tidir. Folke sov; Folke laag i Dvale; Trollham var kasta paa det; det var komi ned i noko vondt og fælt som Kapellanen kalla Materialisme; visste ikkje lenger um Aand. Og so lengi so var, kunde ingin «Pintse-Vind» blaase Liv i dei daude Bein ut-yvi Lande.

Synkvervt og ørt gjekk Folke og grov i Moldi og tenkte paa den stakkars Maten. Ikkje ein Draum hadde det um kva sant Menneskjeliv var. Inkje høgare Hugmaal; inkje Sans eller Syn for det som var stort og høgt og ædelt paa Jordi; berre denne Trælesut for det som gav i Gryta og fyllte i Pungen, denne trongsynte Tanken paa det «nyttige»; Kapellanen frynte helst, naar han nemnde det Orde. Aandlaust Matstræv laag som ei Vaabøn yvi Lande; det gjorde Folk til Trælar, til Dyr; Folke laag som trollbundi, som trollsmurt under denne Loke-Magt. Det galdt aa ringje Folke ut or Berge; Nordmanna-Anden fraa Fedra-Tidi maatte upp; Stordaad, Sogu, Song maatte vakne til nytt Liv. Og gjenom alt maatte den sterke apostoliske Kristentru gløde som den avlande Livskraft, so at Salmen og Folkevisa, Sogo og Trui, det gudelege og det folkelege, kunde klinge saman heilt og fullt; daa vilde Aandi paa nytt slaa ut sine Vengir; daa vilde Norig vera atterfødt.

Daniel totte han forstod dette. Var det ikkje det same som han sjølv hadde tenkt, um han ikkje hadde sét det so klaart eller funni slike Ord for det? Han kjende seg reint glad. Aldri hadde han sét paa Læraren sin med blidare Augo; og aldri hadde Læraren vori vissare paa, at det i Læreguten hans glødde ein heilag Eld, som ein Gong vilde slaa ut i Song eller Daad til Glede for Lande.

– Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde ikkje Kapellanen drygje lenger med det tyske. Men det vilde han ikkje heller taka paa den aandlause Latinskulemaaten. Latintinskulen var i det heile eit syrgjelegt Hol, lét han um. Det var ikkje ein Skule for Ungdom; det var ein skule for Kaldklokskap og Aandsfiendskap. Difor saag me daa og, dessverre, at so mange av vaare Embættsmennar var paa Matstrævarsida i den store Aandsstriden. Dette forstod ikkje Daniel. Kunde rike og lærde Folk vera Matstrævarar? Ja; naar Kapellanen sagde det –. Og han fekk nok vera glad at han vart førd ein betre Veg fram. Elles hadde han ikkje nettupp vori rædd for aa lære Leksur.

Dei brydde seg inkje um den tyske Grammatiken. Tok til med Leseboki; Maal-Lovine fekk dei lære gjenom Maale. Kapellanen las upp og umsette; Daniel gjorde det same etter. Og det gjekk godt. Hugsa ikkje Daniel Ordi, so hugsa han Innhalde; han lærde og snart aa gisse seg til Meiningi i mange Ord; dei som kom oftast att lærde han. Det gjekk godt dette, totte Daniel.

Det same totte Kapellanen. Han var fornøgd baade med Guten og med Metoden; paa denne Maaten skulde der koma Aand inn i sjølve Tyskemaale. Og han skreiv i eit Skuleblad um, kor godt det gjekk med den nye Metoden.

Likso sæl som Læraren var i denne, likso sæl var Daniel av di han endeleg kunde fortelja at han las tysk. Han lagde serleg Merke til slike Ord og Vendingar som han kunde faa Bruk for; deim lærde han, so han kunde ha noko aa slaa fraa seg med heime, og noko aa briske seg med i Klokkarskulen.

Der galdt han for mykje til Kar; og han treivst der. Millom anna og av di han lika so godt Inga Holm, Klokkardotteri. Denne Inga var ein rund, søt litin Ting, med eit godt, blidt Andlit og fagre Faktir; Augo laag liksom halvt attlatne og smaadrøymde, symjande i mild, svevnug Glans. Det var forunderlegt so ljos og hyggjeleg Skulestogo vart naar ho kom inn. Der var noko serskilt ved henne som Daniel aldri saag hjaa andre; alt det ho gjorde, um ho so berre rørde ein Finger, – det var so tekkjelegt, so uskyldigt, so vent aa sjaa paa. Men Augo var som Solglyttar. Kom ho til aa sjaa burt paa Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt og uroleg Kjensle gjekk gjenom Bringa. Daniel drøymde ofte om dei Augo; og naar Kapellanen fortalde um Ydun eller Frøya, so hugsa Daniel alltid paa Inga. Han tenkte so smaatt, og vart blodraud ved Tanken, at kanskje elska han Inga Holm? –

Um ei Stund laut dei til med Latinen. Det var ikkje etter Metoden; men det fall seg so at Kapellanen laut drive paa.

Daniel var stolt. Han visste det var Latinen som skilde millom Lærde og Ulærde; Latinen var den tronge Vegen som førde fraa Kvardags-stimen til Aandshimilen; ingin vart Stormann som ikkje kunde Latin; og no skulde han faa lære Latin.

Vyrdsamt tok han neste Dag Cæsars Bellum Gallicum under Armen og strauk til Kapellangarden.

Men daa han kom dit fekk han høyre, at det gamle Romarfolke hadde vori eit Røvarfolk; den romerske Bokavlen var ei aandlaus Herming etter den græske; det var unaturlegt og meiningslaust for oss Nordbuar aa lesa Latin. Dette kunde Daniel ikkje skyna. Naar Kapellanen sagde det so laut det vera sant; men han fekk vente med aa forstaa det til dess han vart eldre.

Det varde likevel ikkje lengi fyrr han kom etter at Kapellanen hadde havt Rett. Latinen var i alle Maatar so reint motsett alt det som me bruka, so heilt paa tvert av vaar Tenkjemaate, at ein aldri skulde sjaa slikt. For det fyrste var Ordi urimelege. At eit Land skulde heita terra eller ein By urbs , det var ikkje likt til nokon Ting. Her nytta det ikkje aa gisse seg fram; kvart einaste Ord laut ein beint fram lære. Men endaa galnare var det med Setningane. Dei var so ihopvovne, og Ordi var slengde um kvarandre paa ein so vill Maate, at det var mest Uraad aa faa Skìl paa deim att. Prædikate kunde staa fyrst i Setningen, og so kunde Subjekte koma midt ned paa Blade ein Stad; og stundom var det ikkje nogot Subjekt! Han hadde aldri set slikt. Og so Grammatiken. For her maatte han lesa Grammatik. Det nytta kje med Metoden; faa Aand inn i Aandløysa var vonlaust, som kapellanen sa. Det galdt aa lesa med Vit; Daniel maatte ikkje pugglesa. Men «sjaa paa» Grammatiken maatte han, og det baade stødt og stendigt. Og fæl saag den latinske Grammatiken ut. Fire Deklinasjonar! Seks Kasus! Og tvo-tri Undantak fraa kvar Regel; og Undantak fraa kvart Undantak att; og so burtetter i Endeløysa! Daniel saag seg mest yvigjevin.

Ikkje var der noko vidare Aand i det dei skulde lesa heller. Daniel hadde venta sig djupe Tankar og høge Synir og vedunderlege Sogur av eit reint nytt Slag, og so fekk han ei vanleg turr Kvardagsskildring av nokre Smaakrigar og Slag millom Romværingar og Villmennar upp i Gallia. Var det nokon Ting? Daniel hadde lesi mykje gildare Krigsskildringar i «Almuevennen».

So vart det stort Stræv og litin Framgang med Latinen. Men Kapellanen brydde seg ikkje so mykje um dette. At den naturfriske Bondeguten greidde seg klent i Latin var i Grunnen berre eit Merke paa, kor sterkt det romerske Lage bar heile vaar nordiske Aand imot. Og han trøysta Daniel med, at han lærde alltid nok Latin til aa faa Artium med. Det var ikkje verdt aa kaste burt for mykje av sin Ungdom paa noko som ikkje styrkte, men snarare kvakla burt vaar nordiske Aand.

Det laut i det heile gaa som det kunde med baade eit og anna i denne fyrste Tidi. Det Daniel lærde mest av var Sogu. Kapellanen fortalde godt; og Daniel fylgde med. Det var lett, dette, og greidt aa hugse; og gløymde han noko, var det berre aa sjaa etter i Boki.

Og so lærde han aa drøyme. Han drøymde um Huldri og um Inga Holm, og dei tvo vart meir og meir eitt. Han drøymde og um alt det store og gode han vilde gjera, naar han vart Student eller Prest; av Skaldane og av Kapellanen fekk han vita, at Ungdomsdraumane høyrde med til det største i Live. Ingin vart ein rett Mann som ikkje hadde drøymt i sin Ungdom! Og naar Kapellanen fortalde Daniel um Studenterlive, sagde han gjerne, at det som gav dette Live sin Glans og si Høgd, det var dei ungdomsdjerve Draumane. Til Studenterlive høyrde Glede, Song, frisk Skjemt, god Kammeratskap; men kvar Student som der var Mannsemne i, bar i Løyndom paa fagre Draumar som gav Gleda Aalvor og Leiken Meining.

– So drøymde Daniel, og trudde han var eit Mannsemne av di han drøymde; det gjekk heller som det kunde med Lesehugen. Men livde han høgt i Draumane og i dei ljose Lyftingsstundine hjaa Kapellanen, so totte han det vart meir og meir stridt aa halde ut heime.

Det var so trongt og so smaatt der. So uhyggjelegt og so aandlaust. Alt gjekk ut um den stakkars Maten. Og ufjelgt var der; ikkje greie paa nokon Ting. Dei heldt ikkje skikkeleg reint dessmeir; og Glase kom mest aldri upp, so Lufti var mang ein Gong som ho kunde. Ikkje seg sjølve heller brydde dei seg um aa halde reine; vaska dei seg kvar Sundag var det godt. Ein Tanke utanum det raae Matstræv fanst ikkje, naar ein tok ifraa det gudelege. Menneskjeliv hadde dei ingin Draum um. Og her gjekk han so aaleine. Han hadde ingin aa tala med. Den einaste skulde vera Judit; men kva forstod vel ho. Og Lias, det var ein aandlaus Slamp, som gav meir for ei Skjeppe Jordeple enn for all hans Aand og Skaldskap. Her var i Grunnen ikkje livande for Daniel.

Vilde han segja noko um dette Vanstelle, so gjorde dei Narr av han helst. Stundom vart Far hans vond, naar Guten kom med «fine Fimur». Han vilde kannhende vera Storkar alt? – det skulde ikkje stor Grisen til, fyrr han slog Krull paa Rova! Kvar Dag i Skule med kvit Krage paa Halsen, og so uppkjemd og uppstrokin som han ikkje skulde vera den han var; og tok han si Hand i aldri so lite Arbeid, so skulde han straks ut i Kjøken og vaske seg! Jau, jau. Det skulde sjaa ut paa Bondebygdi, dersom me vilde gje' oss til aa gaa slik og vassle.

Daniel vart arg, naar han høyrde sovori; svara stundom. Ein Gong, i Skùmingi kom han inn og fann Stogo full av ein Os som ikkje var god. Det hadde rignt um Dagen, og Omnen hekk full av vaate Klæde, som eima av beste Magt; hu, sagde Daniel og pusta og blés; so gjekk han burt aat Glase og vilde hava det upp, endaa det ruska og smaarignde ute. Han gav seg til aa banke og braake med Vindauga; for det var ikkje av deim som gjekk lett. Og han visste ikkje anna enn han var aaleine inne. Men burti den store Umhengs-Sengi laag Gamlingen og saag og høyrde paa alt; og det tok til aa koke i han. «He, kaslag æ dæ du gjere?» kvesste han i. Daniel kvakk, men tok seg att; sagde at han berre vilde ha upp Glase; her var so kjøvi inne. Ole Johannes tagde lite; det koka i han, han vilde gjerne finne eit Ord, som kunde bite eit Grand. «Jaso. Det skal vel … vera fint det, kann eg vita?» sa han. Daniel vart arg og svara at anten det var fint eller ikkje, so vilde han ha frisk Luft! Gamlingen dirra av Sinne der han laag. «Høh, berre høyr! Kanskje du trur eg vil ha Ruskvêre og den kalde Vinden inn i Sengi til meg, naar eg skal sova?» – «Skal du sova, hev du endaa mindre godt av aa liggja i denne Osen,» svara Daniel; han tok til aa banke paa Glase att, men ikkje so sterkt. Likevel gjekk det upp; dermed lét han det staa paa Glytt og tok tilbeins ut; men Gamlingen laag og koka burti Sengi. Og so tok Vinden Glase og slog det heilt upp. Skjelvande krabba Gamlen seg upp og burt til Vindauga; han slog det att med ein rasande Smell, som Daniel maatte høyre so sant han var i Huse.

Etter den dagen gjekk Ole Johannes lengi og berre mur-tagde. Men for Mari slog han paa, at Daniel visst ikkje hadde godt av all denne Lærdomen han fekk. Mari forstod Meiningi og gjekk strakst til Daniel. Ho bad han hugse paa, kva denne Skulegonga kosta Far hans. Det var ikkje aa undrast paa um den gamle Mannen vart eit Grand saar paa det; Pengane skulde han ut med; og saag han so, at han fekk lite Takk au –. Aa, desse Pengane, rengde Daniel. Var det elles noko Pengar aa røde um enno? Las ikkje Kapellanen fritt kanskje? Han brydde seg nok ikkje so mykje um Pengane, han. Til dette svara Mari, at ein kunde daa vel ikkje for Skam Skuld lata Kapellanen stræve for reint inkjevetta. Ein laut alltid sende han ein Kjøtfjording eller ein Smørambar so daa og daa; og so laut ein ofre lite raust paa dei store Høgtidine; paa same Maaten var det med Klokkaren; so naar alt vart ihoplagt, og dertil det Daniel sjølv maatte hava, so vart det Pengar av likevel. Ole Johannes hadde so-menn i det siste Aare laant ikkje so lite. Daniel kjende seg som djupt nede i ei Myr. Berre Matrekningar og Mat-Tankar; Smaaskap, Armodsdom heilt igjenom. Han gjekk ut. Han maatte hava Luft. Kor skulde ein gjera av seg.

Men sidan torde han ikkje anna enn vera snild Gut. Han lempa seg etter Husens Skikk og gjekk Far sin under Augo so fint han kunde. Ole Johannes smaamylte med seg. Det hev du godt av, Far min! tenkte han; det er ikkje verdt du vert Storkar for snart! Men Daniel lika ille paa Leiken. Han vart mest hatig paa denne aandlause Moldtrælen til Bonde som ikkje kunde forstaa det Slag av det som var høgt og stort og ædelt paa jordi; og alt i eitt gjekk han og sulla paa Bjørnsons klassiske Lengtingsvers i «Arne»:

«Ud vil jeg, ud, o, saa langt, langt, langt over de høie Fjelde. Her er saa knugende, tærende trangt, og mit Mod er saa ungt og rankt»!

Men naar Bror hans, han Lias, høyrde slikt, so sagde den aandlause Slampen, at «Herr Daniel» kunde vera glad um han aldri fekk det verre enn heime.

III.

Paa andre Vinteren gjekk Daniel no hjaa Kapellanen.

Men det vart ikkje stort av med deim i Aar. Hirsch var komin upp i noko Krangel med dei vakte, som vilde hava det paa han at han ikkje førde rein Lære; og dette gav han so mykje anna aa tenkje paa, at han meir gløymde Daniel. Dessutan hadde han i Grunnen saatt det han hadde aa saa i denne Barnesjæli; han var daa ikkje so ihuga i seg sjølv heller. Og endeleg forstod han, at han kunde ikkje gjenomføre «Metoden» sin; kannhende det jamvel var gali aa gjera denne stakkars Guten til Prøveklut for sine Freistingar i Uppfostringskunsten?

Ikring Joletidir vart det fortalt i Bygdi, at Kapellanen søkte seg ifraa. Han var nok leid av aa vera her, sagde Folk; dessutan trong han eit større Kall, av di han skulde gifte seg.

Daniel vilde ikkje tru dette. Kapellanen kunde daa ikkje forsvara aa sleppe han ifraa seg no, daa han fyrst hadde hjelpt han so vidt i Veg. Og han var vel ingin Matstrævar heller, som kunde fara fraa ei god Gjerning, av di han ein annan Stad kunde faa nokre Dalar meir i Aarsløn. Men Orde vart vissare og vissare; sistpaa spurdest det at Kapellanen hadde fengi Kall.

Daa vart Daniel huglaus. Alle Utsynir stengde seg, totte han; alle Vonir vingla vengskotne mot Jordi. Han hadde stundom drøymt at han vart nedgravin lìvande; no totte han det var som den Draumen vart sann. Han forstod ikkje dette. Var det forsvarlegt aa lyfte si Sjæl so høgt, og so sleppe henne ned-i Moldi att? –

– Kjærasten til Kapellan Hirsch heitte Frøken Rud, sagde dei, og var Dotter av ein rik Storbonde burtpaa Austlande. Frampaa Fyresùmaren skulde Kapellanen der burt og gifte seg; og so skulde han hit att og gjera seg ferdug til aa flytja.

Den siste Skuletimen kom Vonom fyrr. Det var so det visna i Daniel, daa han skýna det var Aalvor. «Men du skal ikkje vera modlaus for det,» sa Kapellanen; «eg skal nok stelle det so at du kan faa halde fram med Lesingi paa einkvar Maaten. Daa ljosna Daniel. Kapellanen saag det og smilte. «Du tenkte kanskje eg vilde narre deg du?» sagde han. «Nei-nei-nei,» stota Guten.

Daa Kapellanen kom heimatt fraa Kristiania um Sùmaren, fylgde Kandidat Massmann, Son aat Presten, med han. Massmann var ferdug med Studeringane no, og skulde liggje heime og kvile seg til dess han fekk Embætte.

Kandidaten var ein roleg, faamælt Kar, bleik av Andlit og svært aalvorsam. Folk kunde ikkje faa Greide paa denne Fyren; for han studera korkje til Prest eller Doktar eller Sakførar. Det einaste dei visste var, at han hadde lesi «fælt mykje Spraak», og at han skulde vera «fælt lærd». Det vart til det at Daniel skulde faa gaa i Skule hjaa Kandidat Massmann utyvi Sùmaren og Hausten.

Daniel var ikkje svært glad i dette: for han var rædd Kandidat Massmann. Dertil var han rædd Prestegarden. Han mintest kor fint og liksom høgtidsamt det var der, og hadde ein heilag Age for gamle Presten. Men dessutan tenkte han paa Prestebikkja, som han hadde endaa meir Age for. Likevel gjekk han, og laut takke til, at han fekk gaa. Framum Bikkja slapp han med heilt Skinn; like eins slapp han godt og vel framum Presten. So kom han til Kandidaten, som sat bleik og roleg i ein Ruggestol med ei Bok og ei Pipe og røykte.

Daniel liksom bukka og var raud og rædd. Kandidaten stirde paa han med isblaae Augo gjenom kalde blanke Brilleglas: «Naa, det er Daniel?» – Ja, det var daa det. – «Godt; sit hit,» sa Kandidaten og peika paa ein Stol. Daniel fram; og ned paa Stolen. So vart han utspurd. Kva han hadde lesi? Han svara so godt han kunde; men var heile Tidi uroleg og ille ved; han kunde ikkje skýna, um Kandidaten var fornøgd med Svari hans eller ei. So kom Latinprøva. Daniel ynskte seg langt ned i Jordi og tok til aa sveite der han sat. «Altsaa, 2den Bog. Slaa opp … slaa opp … slaa opp 18de Kapitel. Du har vel læst 18de Kapitel?» – Ja, Daniel trudde det. Men det var visst svært lengi sidan. Med dirrande, sveite Hendar slo han Stykke upp. «Godt. Læs!» – Daniel las. « Loci natura erat hæc, quem locum nostri castris delegerant. « – «Godt. Oversæt!» – Daniel visste, at han ikkje kunde umsetja. Han hugsa ikkje eit Ord. Likevæl freista han liksom. Men han kom ingin Veg. Sat berre og stræva og stunde; arbeidde med Hendar og Føtar; med heile Kroppen; men stod fast som for ein Mur. Det var fælt leidt. Kva maatte ikkje Kandidaten tenkje? «Naa,» sagde denne, «Subjekte er –?» Daniel gissa.» Natura « sagde han. Men daa Kandidaten ikkje sagde ja, trudde han det var gali og retta: «Nei! loci, « sagde han. «Er loci ogsaa Subjekt?» spurde Kandidaten. «Nei» kviskra Daniel. «Nei visselig,» svara Kandidaten. «Subjektet er natura. Natura betyder –?» – «Natur.» – «Naturligvis. Altsaa: loci natura –?» Eit gamalt dimt Minne sveiv Daniel; han svara gissande: «Lunden –? Naturen i Lunden –?» Dertil sagde Kandidaten inginting, og so trudde Daniel det var gali. «Nei!» kviskra han høgt. «Nei,» sagde Kandidaten med uendeleg Ro, so Daniel vart kald. Kva var loci for eit Ord? Kva heitte det i Nominativ? – « Lo-cus, « gissa Daniel. Kva tydde locus? – « Locus, det er … det same som –,» «Hm. Er det det same som lucus? « «Nei.» «Hva er lucus? « – «Lucus; lucus – –. « – Lucus er Lund. Men locus –? « Daniel reiv seg attum Øyra: « Locus det er –; locus; – hm!» – « Locus er Sted. Hva Kasus er loci? « – «Det er … Dativ –? – Nei … Det er … Genitiv –?» – «Hm. Hør, Gutten min,» sagde Kandidaten, «har du læst Grammatik?» – «Ja litt … men det er ei Stund sidan no,» sagde Daniel; han var vaat av Sveite. «Ja det er visst det,» sagde Kandidaten. «Naa; vi faar til med Grammatiken, Far!» Og Daniel fekk fyrste og andre Deklinasjonen til Lekse.

Som ein vaat Hund rusla han heim. Han kjende seg so underleg litin. Dette her vart nok annan Dans. Med Isingar gjenom seg tenkte han paa den nye Læraren sin. Her vart det nok ikkje Tale um Aand og Skaldskap; her galdt det aa kunna sine ting; kunna Grammatiken! Og den stod for Daniel i ei einaste tung Skodd. Men so hugsa han at han hadde fengi Lekse . Ei ærleg, reideleg Lekse, som han skulde lære; det var forunderlegt som den Tanken styrkte han.

No visste han daa kva han hadde aa halde seg til. Ei Lekse var noko som han visste kva var; ei Lekse skulde han klara! Og naar han næste Gong kom til Kandidaten, so skulde den lærde Mannen faa andre Tankar um Daniel. Han mest sprang heim. Og tok paa Leksa med same. Var heiltupp glad i Leksa; tenkte med Fysnad paa, at han endeleg skulde faa lære denne Grammatiken, som alltid hadde set han so vonlaus ut. Han skulde bli som ein Latinskulegut til aa kjenne sin Madvig!

Han gav seg til aa stormlesa. Las og las, til dei tvo Deklinasjonane gjekk som ein Dans. Daa han kom til Kandidaten næste Gongen var han ikkje rædd; Leksa si kunde han. Og det gjekk godt. Han kom heim att reint byrg; han hadde vunni! Grammatiken var visst ikkje so aandlaus som han hadde tenkt. Med ein Gong slengde han sine Draumar um Huldri og Fossekallen; no vilde han verte lærd. Lærd og aalvorsam som Kandidaten.

Hadde det berre ikkje vori den Prestebikkja! Men den øydde so tidt hans unge Mod. Kvar Gong han skulde inn eller ut kom dette store svarte Beiste luskande med sine raude kokte Augo og gjekk og snusa paa han liksom han var ein Spìkeknok. Og Beiste var ikkje aa skjemte med. Det gjekk Segnir i Bygdi um fleire som hadde vori ille ute for denne Bikkja; ein Husmann som var komin til Prestegarden seint um Kvelden, og som dei trudde vilde ha stoli, hadde ho biti eit Stykke or Leggen paa. Fleire hadde klaga for Presten yvi dette Dyre; men Presten svara alltid, at Apollo beit ikkje skikkelegt Folk. Men eingong hadde ho teki paa ein Mann som kom til Prestegarden og skulde betala Offerskjeppa. Stakkaren hadde stadi paa Skuldlista lengi, og Presten hadde vori paa han fleire Gonger etter denne Offerskjeppa, baade med Kyrkja og andre Stadir; no skulde daa Mannen endeleg gjera vel og betala. Han hadde endaa selt ei Ku til aa greide denne Offerskjeppa, og ein Bank. Ja; i Banken vart han av med Pengane sine utan Vande. Men daa han kom til Prestegarden fekk han Prestebikkja paa seg, so han laut røme det beste han hadde lært, og fekk Broki si sundflengd attpaa.

Daa hadde Presten vorti vond og sett Bikkja i Band. Men Bikkja lika seg ikkje i Bande. Ho stod og ylte og peip all Dagen; Presten heldt ikkje ut aa høyre paa det. Det var «ukristeligt Dyrplageri», sagde han sistpaa, og løyste Bikkja. Sidan gjekk Beiste som fyrr; og den som kom til Prestegarden fekk greide seg sjølv som han best kunde; det som hjelpte var, at Bikkja aldri beit «skikkelegt Folk». Men Daniel var rædd likevel. Kven som var skikkelegt Folk for slik ei Bikkje kunde ein vel aldri vera stød paa.

Det jamna seg etterkvart som Apollo vart kjend med Daniel; denne kunde sistpaa gaa ut og inn i Prestegarden som han vilde. Og det var ikkje fritt han var byrg av at Prestebikkja hadde teki han upp i den Adelen av skikkelegt Folk, som ho aldri gjorde noko; ho visste nok aa velja sine Folk, Prestebikkja!

Underleg nok lika ikkje Kandidaten denne Hunden. Lika ikkje Hundar i det heile. Det var ein raa Skikk, sagde han, ei Leiving fraa ei Villmannstid, aa halde slike tamde eller halvtamde Vargar gangande i Gardane til aa skræme Helsa av nervøse Medkristne; og minst skulde ein vente slik Villmannskap paa ein Prestegard. Men Gamlepresten berre knurra; han brydde seg ikkje um slike «moderne Ideer», sagde han.

I Slaatten maatte Daniel vera heime. Men ut paa Hausten tok dei til att; og det gjekk godt. Daniel lika seg; han kjende at han lærde noko. Og Kandidaten var ein drivande Lærar som arbeidde med Lyst. Men som alt gjekk paa det beste, kom Apollo i Vegen.

Det var «Lesetime» hjaa Kandidaten; Daniel sat midt for Borde og kunde sjaa ut yvi heile Prestegardstune. Daa ser han eit Kvinnfolk, som kjem stigande fram mot Huse paa slik ein underleg Maate. Ho var fatig klædd, og litt upp i Aari; eit Bygde-Menneskje. Men i Hælane paa seg hadde ho Apollo, som var morsk aa sjaa, og sleit henne i Stakken stundom. Ho var jammerleg rædd. Gaa fort torde ho ikkje, og stana eller snu torde ho minst; so kom ho stigande i stutte, stive, ustøde Stìg liksom ho gjekk i Ørska. Alt i eitt glytte ho ikring som etter Hjelp; men der var ikkje Folk nokon Stad; ho var aaleine med dette Dyre. Og Daniel saag kor ho bleikna for kvart Stìg. Munnen stod opin; Augo steig store og kvitnande fram or Hausen; det saag ut som ho svimra, som ho ikkje kjende kor ho sette Foten.

Kandidaten saag paa Daniel at det var eitkvart tids; han saag ut. Daa rauk Boki paa Golve, og Kandidaten paa Døri; ut gjenom Stogu og Gang og Utedør; der berga han fyrst Kvinnfolke i Hus, og daa so Apollo kom, flikrande og snikjande og skulde gjera seg gild for Husbond av di han hadde vori so glup, drog Kandidaten fram ein Stav han hadde løynt attum Ryggen sin, og lagde til Bikkja so ho dreiv langt burt-yvi Tune. Og skreik gjorde ho som ein brend djevel. Det var stygt aa høyre paa. Ylande, gnistande, med Halen under Buken og Ryggen uppskotin rømde ho rundt; og Kandidaten etter; – daa kom Presten. «Henning!» ropa han; «Henning?» – Og Henning, som saag at han ikkje stod att Bikkja, snudde seg mot Far sin. Haare hans valt nedyvi Panne og Øyro; Andlite var kvitt; som han stod der framfor Presten rak og harm, skjelvande av Sinne, var han fager. «Naa, er du der, Far,» sa han. Og han heldt fram: vart ikkje Beiste no bundi, so tynte han det! – Meir kunde ikkje Daniel høyre.

Men daa Kandidaten kom inn att, var han i Ulag, og Daniel laut gaa. Snart etter fekk han høyre, at Kandidaten hadde fengje ein Post i Kristiania.

Daniel tok ikkje dette tungt; det laga seg vel, tenkte han; no kom snart den nye Kapellanen. Og han Far var meir uppsett paa aa faa Sonen fram til Prest enn Daniel hadde tenkt; so no skýna Daniel at han turvte ikkje ræddast lenger.

– Ja; Moldtrælen vilde gjerne hava Son sin fram til Prest.

Han tala fleire Gongir med Kandidat Massmann um Daniel. Og Kandidaten gav han godt Mod. Guten hev eit lett Hovud, sagde han, og greider seg utrulegt. Men paa Skule maa han. Dette her vert berre upp i Tufs, som du ser, og han vert aldri ferdug. – Kor langt han kann naa? – Haa; ein god Embættsmann kann han bli; ein … slik som dei vil hava han; «send ham paa Fabrikken, Ole Johannes!»

Daa Ole Johannes fekk vita kva «Fabrikken» var, lika han denne Raadi ikkje so ille. Men daa han rødde med Mari um det, sagde ho plent nei. Styre den unge Guten aaleine heilt til Kristiania, der han kunde koma ut for baade Frimaurar og anna stygt, det fekk dei aldri henne med paa. Skulde han nokon Stad av, so kunde dei sende han paa Latinskulen i Byen; men elles kunde han vera heime no som fyrr, og gaa hjaa den nye Kapellanen, naar han kom.

Den nye Kapellanen kom. Det var ein liten raudbleik Kar med ljost Haar og raudt Skjegg; det fyrste han gjorde var aa gjera seg kjend med dei vakte. Daa Ole Johannes tala med han um Daniel svara han snøgt, at han skulde skrive til Rektor ved Latinskulen og faa alle naudsynlege Upplysningar; sjølv var han rædd han fekk so mykje aa gjera i Kyrkjelyden, at han ikkje fekk Stundir til «Privatundervisning».

Ole Johannes sagde Takk. Vilde Presten høyre etter um Prisen, og um kor lengi dei maatte gaa paa den Skulen, so var det svært snildt. Men – Ole Johannes kom endaa ein Gong upp med sine store, gamle Tvil –: trudde Presten at det kunde nytte aa halde Guten i so høge Skular? Var det Raad for ein simpel Bondeson aa koma so høgt upp? Kapellanen smilte og sagde, at me hadde Bondegutar som var Bispar . Daa tagna Ole Johannes. Men store Draumar sveiv fram for Syni hans; den som ikkje vaaga, han ikkje vann …

Fraa Rektor fekk dei «alle naudsynlege Upplysningar». Daniel kunde koma inn i 3die Latinklasse, kannhende. Det lét seg altso kanskje gjera paa tri Aar. Og Skulepengane var ikkje store. Dessutan var det Von um Friplass, naar Guten hadde vore paa Skulen eit Aars Tid. Dette totte Ole Johannes ikkje var so ille endaa. Serleg lika han det um Friplassen. Og naar so Guten budde hjaa Hans Nerstad, og dei sjølve hjelpte han til med det meste av det han trong til Mat, so vart det vel ikkje so mykje dyrare. Det same meinte Mari. Pengar laut ein laane; det sagde seg sjølv. Men deim fekk Guten sjølv betala naar han kom i Embætte. –

So vart Endelykten den, at Ole Johannes gjekk ned til Storhandlaren paa Nese, han Jens i Larsebakken eller Jens Bakke som han skreiv seg, og laante 100 Dalar, so han kunde faa Son sin paa Byskulen. Og no meinte Daniel han hadde vunni.

For det fyrste skulde han faa koma ut. Og for det andre skulde han faa koma til byen. Han hadde ikkje vori mange Gongir der. Men han hadde vori der so mykje at han visste kva Byen var. Med sine høge Taarn, med sine fagre Hus i lange, lysande Radir, med straalande Krambudir fulle av alt som gildt var, med Hagar og Tre, med stolte, fine Folk som gjekk og strauk paa Gata i Gull og Silke og blanke Sko og visste korkje av Arbeid eller Sut aa segja, totte Daniel at Byen minnte um det nye Jerusalem. Men Innferdi til Byen minnte um Paradis. Store, kvite, staselege Hus med Glasdørir, med Høgsvalir kvilande paa kvite Stolpar og umvaksne med grønt Lauv, med ljose, herlege Salar straalande av Krystal og Gull liksom Salomons Tempel, og rundt ikring svære, døkke Hagar med Lauvgjerde og staute Traleverk av støypt Malm, yviskygde av framande Tre store og forunderlege som Sedrar paa Libanon … Daniel kunde ikkje drøyme seg noko fagrare. Alt var paa ei onnor Gjerd enn heime. Framandt, forunderlegt, storfellt, berre meint paa aa vera fagert. Ein kunde sjaa at Folk ikkje turvte tenkje paa Pengar her. Kong Salomons Rikdomar aatte dei, og Kong Salomons Herlegdom bygde dei upp att.

Og no skulde han faa vera i Byen. Ikkje ein Dag, ikkje tvo Dagar, men Aar; og han skulde sjølv vera Bygut. Fint klædd skulde han dagstødt gaa og spenne i dei stolte steinsette Gatune og sjaa paa Stas og Staak og Liv og gilde Krambuir og paa Hamni store Skip, med Segl so vide som Havreaakrar, og med Mastir so høge som Kyrkjetaarn. Og han skulde faa eta Bymat, og gaa paa kvite Golv med Aaklæde paa, og sitja i Sofabenkir so mjuke som sengir; og han skulde faa høyre Spél og Trommeslaatt um Dagen og Vektarsong um Natti, og sjaa Apekattar dansande paa Lirekassur og Bjørnar som gjorde Kunstir paa Svabbesalen, og Linedansarar, og Trollmennar som aat Eld og svelgde store Sablar og Sverd. Endelaust mykje stort skulde han koma uppi; no fyrst tok Live til; han var den sælaste Bondeguten paa Jordi.

Nei, ikkje den sælaste. For no skulde han ikkje faa vera i Neskyrkja kvar Sundag og sjaa Inga Holm. Men so mykje gildare skulde det vera aa koma heimatt ender og daa, og vise seg i Kyrkja for henne og for heile Aalmugen, naar han var Bygut.

Han torde knapt sjaa sine Jamnaldringar i Augo lenger. Han kjende seg som ein Syndar mot deim, av di han aaleine skulde koma upp i alt dette. Og dei maatte ikkje faa den Trui at han var stor paa det. Men i Grunnen høyrde han ikkje ihop med desse Bondefolki lenger. Til Hausten skulde han vera Bymann, fint klædd og med fint Maal; daa vilde han vera eit anna Menneskje.

Det gjekk Gjetord um dette i Bygdi. Daniel totte Folk saag paa han med andre Augo enn fyrr. Det gjorde dei au. Men rundt um paa Gardom gjekk Skravle som Vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart so fingerfarin, og Framferdi hans so utlagd og uttolka, at hadde han høyrt Helvti av det, so hadde han vorti galin. –

– Daniel kom til byen. Og hjaa Hans Nerstad vart han leigd inn. Men det viste seg at han ikkje kunde koma høgre upp enn i 2dre Latinklassa. Det var eit Aar spillt. Og jamvel i andre Klassa fekk Daniel nok aa gjera med aa vinne seg etter.

Han fekk andre Ting au aa staa i. «Klassekammeratane», som saag at han var snild, gav seg til aa gjera Narr av «Bondetampen», som «tala Landsmaal». Og tilslutt gav dei seg til aa gjera Narr av Namne hans.

Han var innskrivin i Bøkane for «Daniel Olsen Sørbrød». Det sagde seg daa sjølv at han vart heitande «Surbrød». Og denne Skjemten totte dei Labanane var so framifraa, at dei i alle Fristundir flokka seg um han og ropa paa «Surbrød». Kor mykje kosta Surbrøde i i Dag?

Daniel var vaksin Kar, og snild og tòlmodig. Men dette gjekk so innpaa han, at han sistpaa mest grét. Hadde han gjort deim noko vondt? Kunde han ikkje faa vera i Fred? Men dette gjorde vondt verre. Daniel hadde tenkt det skulde vera gildt aa bli kjend med Bygutar; men han hadde aldri havt det so vondt. Det var som han stakk seg paa Naalir og Netlur kvar han snudde seg.

Det var endeleg ein Gut som hadde vondt av han og raadde han til aa gaa inn til Rektor og faa brigt um Namne sitt. Naar han heitte Daniel Olsen, so kunde han kalle seg «Olsen»; so vart det slutt med «Surbrød»-skraale. Daniel svara, at lét det seg gjera, so vilde nok han; men det var so leidt at gaa inn til Rektor aaleine. «Ja, synest du det, so skal eg vera med deg,» sagde den andre. Dei gjekk; og Daniel fekk det som han vilde; heretter skulde han med Gud og Retten heite Daniel Olsen. Men fraa den Dagen var Daniel og Kristian Bliland Vénir. Og Venskapen vart so mykje sterkare, av di dei paa ein Maate var Bondegutar baae tvo; for Kristian var Son av ein Klokkar inn i Fjellbygdom.

Det hjelpte svært aa faa ein Kjenning. Og daa dei andre saag at Daniel ikkje var aaleine lenger, men stod under Varetekt av Kristian Bliland, som ikkje var nokon Kastekjepp, so lét dei han meir og meir vera for det han var.

Men Daniel kunde aldri like seg rett i denne Skulen. Og Leksur og Lesing var det jamt. I Staden for aa gaa og spenne paa Gata sat han paa det tronge Kòte sitt hjaa Hans Nerstad og las, og hadde det berre smaatt. Ein gamall Trestol med fire Føtar attmed eit gamalt skralt Kjøkbord, det var heile Stasen; og paa Veggen hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang Nos og stirde mot Døri med sure Augo. Og det som verre var: han totte ikkje sjølve byen var so gild som han hadde tenkt. Det var i Haustbløyta; og Regne var likso surt og Søyla likso blaut som heime. Dei kvite husi stod skitne og gòrute av Kolrøyk og Væte og var ikkje det Grand paradisiske.

Ein annan Ting var Daniel ikkje mindre leid for: Byklædi hans var ikkje som dei skulde vera. Naar han kom i Lag med dei andre Gutane, saag han sjølv at han var Bondetamp. Seint og vrangt gjekk det med aa skifte Maal au. Det kom seg av, at han budde hjaa Hans Nerstad. Han hadde det elles godt der; Maten fekk han vel stelt; og naar han ikkje las, kunde han vera ned-i den logne, stille Stogo, der Kona sat og sauma heile Ettermiddagen; eller han kunde gaa ned i Krambudi og høyre paa Bykjeringane, som var innum og handla for 1 i Saape og ½ i Stivelse og fortalde Bynytt, eller paa Bøndane, som kom inn fraa Lande med Jordeple og Smør og tok Kaffe og Tobakk i Staden.

Men Hans Nerstad hadde vori Bonde. Han hadde aatt ein god og nokolunde stor Gard, som Far hans hadde arbeidt upp; og han hadde ervt Pengar attpaa. Men dette Velstande gjorde at Hans Nerstad ikkje vilde vera Bonde lenger. Det var lettare og gildare aa lìva i Byen; so selde han Garden sin og vart Bymann; sette seg til med ein litin Høkerhandel der. I den myrke Kjellaren sin sat han daa Aar etter Aar og selde Sild og Smør i Skillingsvis. Smaatt gjekk det, og keidt var det, so det var ikkje fritt han stundom trega Garden sin; i seinare Tid vart det endaa lagt Merke til, at han feitna og vart raud i Nakken og posin under Augo; han hadde nok lagt seg aat Ølflaska. Men Bonde var han enno i Grunnen, og Kona hans med; Daniel skjemdest daa for aa knote for mykje, so dei høyrde det. –

– Med aa vinne seg etter der han stod til atters gjekk det smaatt; han kunde ikkje rett lære det som han ikkje hadde til Lekse. So tok han seg fri fraa Etter-Lesingi meir og meir; fekk taka det att naar han kom til «Repetitionen». Dette greidde seg paa ei Vis. Men han vart gangande med uheilt Samvìt og høyrde liksom ikkje heilt med, totte han.

Den han hadde aa halde seg til, og jamt søkte i sine Fristundir, var Kristian Bliland. Denne rødde ikkje stort; men han hadde Bøkar som han las upp av, mest «Folkevennen» ved Ole Vig og anna sovori. Her fann Daniel att mykje av dei Tankane han hadde lært hjaa Kapellanen. Og det var som han trudde endaa meir paa desse Tankane no, daa han saag at det var fleire um deim, og at dei var aa lesa paa Prent.

Sidan kom han ofte fram med Ting som Kapellanen hadde sagt, og som han skýna Kristian vilde like. Det var ikkje alltid han sagde kvar han hadde slikt ifraa; stundom visste han det vel ikkje klaart sjølv.

Det som Daniel av eigi hovud kunde finne ut vaaga han seg sjeldan fram med; naar han skulde segja det til Kristian, totte han for det meste det var faavist. Men stundom sette han det fram liksom paa Skjemt, so han kunde læ det burt, um det ikkje vart godkjent; hende det daa at det greidde seg, vart Daniel kry og totte sidan sjølv, at det var godt sagt.

Hadde han ikkje havt Kristian i denne Tid, so hadde han visst gløymt alle sine gamle Draumar; Skulelufti var ikkje helsesam for deim. Det var eit underlegt Hol, denne Latinskulen. Alle Gutane var so vituge og so vaksne; dei kunde flire og læ aat all Ting. Men dei hadde visst aldri drøymt um anna enn Karakterar. Dei visste at i denne Verdi galdt det aa klara seg; og etter den Visdomen livde dei; Kunskapen i seg sjølv vedkom deim liksom ikkje. Det var berre Spursmaal um kva som var lett eller rangt aa klara seg i; og det kvitta deim eitt, um dei klara seg paa ærleg Maate eller ikkje. Ja dei som var drivne i aa fuske galdt for Karar, og gjekk og kytte av Fantestykki sine. Men dei som var strævsame og trugne til aa lesa, vart tidt og ofte gjorde til Narr av dei ordførande Overlabanar i denne Grønkaal Klassa.

«Til i Dag hev eg ikkje lesi det minste Grand!» skreik dei i Munnen paa kvarandre, naar dei kom paa Skulen um Morgonen. Og so trætta dei um, kven som hadde lesi minst. Men naar dei kom upp, klara dei seg for det meste likevel; Daniel vart baade forundra og modlaus yvi dette.

Glade i Skulen var Gutane ikkje; dei var i Fengsel, lét dei um; Lærarane var Fangefutar. Minst lika dei Rektor; mykje hadde dei og imot Religionslæraren, ein gamall uppturka Rationalist, som jamt mól um dei tri store Vismennane Moses, Jesus, Sokrates; like eins imot Historielæraren, som dreiv paa med «Oversigtstabeller» og gav Gutane historiske Slengjenavn; sjølv vart han heitande «Robert Djevelen». Daniel totte i det heile ikkje Lærarane her var som han hadde tenkt. Mange av deim saag ut til aa ikkje bry seg stort meir um Kunskapen enn Gutane, og det dei visst tenkte mest paa var aa faa Timane til aa gaa. Dei byrja seint, og slutta so snart dei torde. Og jamt var dei i Ulag; det var ikkje ofte at ein Time gjekk av utan Gryl og Gnaal. Sùme hadde sine visse Syndebukkar som dei kvar Dag hadde uppe og reiv seg ut paa; andre syntest vilja piske Klassa fram til Dygd og Dugleik med Spott. Daniel var rædd desse strenge Herrane. Men han bøygde seg under deim med slik ein Bonde-Vyrdnad og kunde dessutan for det meste Leksa si so vidt godt, at han klara seg noko-so-nær. Kristian Bliland like eins, endaa han tok det meir rolegt. I det heile lika Lærarane desse Gutane fraa Lande. Dei var uppvaksne under meir «patriarkalske Forhold», hadde lært aa lyde og vyrde sine Overmennar; hadde ikkje noko av denne frons urbana, denne Storsnuten, som gjorde Bygutane so ertesame aa hava med aa gjera. Audmjuke var dei og lydige, lette i Taumen som Skulegutar burde vera.

Men Daniel visste no at Kapellanen hadde havt Rett, daa han tala um Latinskulen. Her var «aandlaust», og det til Gagns. Han vart stundom so leid av seg, at han drøymde um aa røme. Fara til Amerika, eller til Sjøs. Det som dreiv han til aa lesa var mang ein Gong berre Tanken paa Bygdeslarve, og so Tanken paa Inga.

Ein Gong um Maanaden kom Ole Johannes til Byen med Matvarur til Son sin; stundom var Mari au med. «Eg kann ikkje forstaa, kva du vil til Byen etter,» sagde Ole Johannes; men Mari maatte inn og sjaa um «Daniel, Stakkar»; det var ikkje Raad for det. Daniel var glad naar dei kom; men dei var fælt bondsklege. Naar han fylgde deim i Byen, so vilde han helst ikkje raake Kammeratar. Elles var det ikkje fritt anna han kom seg, han Far. Ny Bykjerre hadde han raadt seg til som ikkje var stygg; og det som meir var: han kom strjukande til Byen i kvit Halskrage og Klædestrøye. Men ho Mor var den same som ho hadde vori. Ho var vel for gamal til aa lære ny Skikk no. Ja ho lika ikkje at Ole Johannes fjelga seg upp heller. Ein gong dei var i Byen, sette ho seg til aa syte og jamre for Daniel reint av Naudi um, kor rart Ole Johannes tok seg upp i seinare Tid. Han vilde liksom vera noko meir enn fyrr no, daa han hadde ein Son i Byen paa Latinskulen. Ikkje hadde han den Arbeidshugen heller som fyrr, men gjekk mykje og strauk ned paa Nese eller uti Bygdi og gjorde seg gode Dagar. Heime vilde han òg lìva godt, kaupte heim fint Brød og Kaffi, og løyste Blad som han sat og las i heile halve Yktine. Brennevin hadde han og i Huse no. – Brennevin? – Ja; um det kom eit Menneskje! Det skulde vera so gildt alt no, maa tru. Mari kunde ikkje skýna kvar det skulde bera av. Men Daniel lika i Grunnen dette. Og til Mor si sagde han, at det var visst ikkje faarlegt. Han far visste nok kva han gjorde; ho skulde ikkje syte for det. Kannhende hadde han, naar alt kom ihop, betre Raad enn nokon visste. Aa Gud betre oss for Raadi, sutra Mari; det var nok laante Pengar han flaut paa no. Ja det var kje so visst, meinte Daniel; ein skulde ikkje tru ein Bonde lenger enn til Tennane i sovori. Mari saag paa Son sin; slog so Augo ned att og sukka. Ho forstod at ho nok ikkje fekk nokor Hjelp her.

– Daa Daniel var heime i Joli fekk han sjølv sjaa, at Huse var komi paa ein ny Fot. Og glad var han. Det var Framandfolk komne som skulde sjaa «Byguten»; og alle livde godt; der var stor Høgtid. Daniel maatte lesa Tysk og Latin for dei framande; og han saag kor kry Gamlingen vart, naar dei roste Guten og undrast paa alt han hadde lært. Men Lias, den Slampen, gjekk ikring so sur og tver som han skulde vera ovundsam paa Bror sin.

Her paa Bondebygdi kjende Daniel seg fin Gut; og han viste seg fram kvar han kunde, helst naar han hadde Von um at Inga Holm kunde koma til aa sjaa han. Tala til henne tenkte han ikkje paa. Men han viste seg fram; og naar han trudde ho saag han, gjorde han seg strak og karsleg. Og bad til Vaarherre um at ho maatte like han.

Tidi fra Jol til Vaaren drog seg uendelig seint. Han vart so leid av Leksestræve at han stundom tenkte paa aa fuske; men han kunde ikkje. Han hadde ikkje Lage. Og ikkje det rolege Samvit som Bygutane. Vilde han freiste, kom Læraren til aa skýna det strakst. Men det hende ikkje so sjeldan at han fekk Hans Nerstad til aa skrive Sjukesetel for seg, naar han hadde altfor stor Uhug til Skulen.

I Staden for aa lesa sat han daa gjerne heime og drøymde um Inga, som han vilde skrive Friarbrev til, so snart han vart Student. Og han gjorde Vers um sin store Elskhug. Det var eit strævalt Arbeid aa gjera Vers; men det var so hyggjelegt aa stelle med noko som vedkom «Henne».

Heile Skulen var som leid av seg i denne Tidi. Gutane forsømde, Lærarane stundom med. Leksune dei fekk var so stutte, at dei kom ingin Veg; og endaa laut dei Gong paa Gong taka deim upp att, av di ingin lærde deim.

Fraa Januar var det komi tvo nye Gutar inn i Klassa, den eine ein Lensmannsson, Ole Bentsen, den andre, Peter Didriksen, Son av ein Høker paa Nese. Med desse prøvde Klassa ei Stund aa hava Moro; men det vart ikkje noko av. Dei visste aa klara seg, desse tvo. Godt heldt dei ihop; og klokt stelte dei seg. Ole Bentsen var tagall og likeglad som ein Sælhund, so honom beit inginting paa; og Peter Didriksen – som elles vart heitande Peter Dirk –, visste aa svara for seg so snøgt og smaalentugt, at ingin var god for aa maalbinde han. Daniel og Kristian prøvde ei Stund aa halda Lag med desse tvo Karane; dei var daa Landsfolk, dei au. Men Ole Bentsen og Peter Dirk vilde nok helst hava finare Lag. Det var Gutar som visste aa greide seg. Dei var med paa jamvel faarlege Ting, som Kortspel, ja um det var ei halv Flaske Øl med Sigar; men dei visste alltid aa stelle seg so, at um gali skulde gaa, so kunde ikkje dei faa Skuldi. Lesehestar var det av Velten. Men dei jamra yyi[sic] at det gjekk so smaatt; og Hausten etter melde dei seg ut av Skulen og reiste til Kristiania; ein kunde faa Eksamen baade snøggare og billegare naar ein gjekk paa «Fabriken», sa dei. –

– Endeleg tok det til aa lide fram mot Aarsprøva. Daa vart det ein annan Dans; det tok til aa livne og kvikne i baade Gutar og Lærarar, liksom det vert Uro i ein Smalagarde, naar det dreg upp til Uvêr. No kom Bøkane for ein Dag; og no kom Kunskapen og Arbeide til Ære. Kor mykje hadde den lesi til i Dag, og kor mykje hadde den lesi? Kunde Per det? Kunde Paal det? Kva tydde det Orde, og kva tydde det Orde? Kva var det for Præposisjonar som styrde Ablativ, Akkusativ, Dativ? Kunde Per det Bevise? kunde Paal konstruere den Polygonen? Anna var ikkje høyrande fraa Morgon til Kveld; Daniel vart reint fælin av all denne Lærdomen. Han totte han kunde ingin Ting. Ikkje hadde han Tiltak til aa lesa heller, meir enn Leksa for Dagen daa. Ikkje fyrr det kom so langt at Prøva tok til, so han visste naar han skulde upp i kvart Fag, fekk han si fulle Lesekraft. Men daa las han paa Spreng.

Og han klara seg. Han kunde ikkje mykje; og det han kunde var han ustød i, av di han var uklaar i Grunnane. Men naar han sat ved Eksamensborde greidde han seg likevel. Han forstod det mest ikkje sjølv; men han hadde fraa Barne av øvt seg upp i aa sjaa og høyre paa Læraren, kva Svar det var som kravdest; og den Kunsten brùka han, um han so ikkje visste um det.

Han vart Nummer 9. Der var Futesønir, ja Prestesønir som kom nedanfor honom; det totte han var mest utrulegt. Det same totte Ole Johannes, daa Sonen kom heim og fortalde det; og Gamlingen kunde ikkje dylja at han var kaut av dette.

Elles var han tung og tagall av seg no att. Daniel undrast paa dette; men gamle Mari kunde fortelja, at han Far hadde set Ende paa dei 100 Dalarne fyrr han vardest; so at no var det berre aa tenkje paa aa faa eit nytt Laan. Det var ikkje greidt. Ole Johannes hadde tenkt at 100 Dalar aldri kunde faa Ende. Men naar ein fór flust fram, so –. Daniel vreid seg. Det var daa ei æveleg Straff med desse Pengane.

Men han trøysta seg med, at no hadde Gamlen drivi det so vidt at han ikkje kunde slutte. Og kva gjorde det um han tok eit nytt Laan? Garden var visst stor nok til aa bera baade det og meir.

Likevel heldt han seg helst undan Far sin. Dette mistydde Gamlingen; trudde det var Storkarsgrillune som var ute att. Og dette var so mykje meir harmelegt no, daa Ole Johannes ikkje lenger heldt seg for nokon reint simpel Bonde. Han hadde jamvel kosta Pengar paa aa koma seg litt upp, so Son hans ikkje skulde turve skjemmast av han. Ein Dag kom han med det. Daniel svara so snildt han kunde, at det hadde aldri vori hans Tanke, slikt. Men Gamlingen meinte det var greidt aa sjaa kva Tanken var. Og han hadde ikkje venta sovori no, sagde han. Han hadde visst gjort alt det han kunde. Og um Daniel tottest vera Storkar, so fekk han ikkje gløyme kven det var som laut svide for det. Daniel meinte at Pengane skulde han greide naar han fekk Embætte, so det var vel ikkje verdt aa taka seg nære av det no; Gamlingen svara, at det vart ikkje paa dei fyrste fjortan Dagane at Daniel fekk det Embætte. «Nei, nei; kven hev meint det?» sagde Daniel stutt.

So vart det uhyggjelegt heime som vanleg. Og Mari jamra jamt og samt um, at det gjekk til atters. Arbeide vart drìvi mykje med Leigefolk; Garden tok til aa koma i Nedfall. Ole Johannes var i Skuld hjaa Jens i Larsebakken, og no maatte han handle hjaa honom mest all Ting; selja billegt og kaupe dyrt. Ikkje var han so trugin med Boki heller som fyrr. Han laag heller og sov om Morgonen no i Staden for aa lesa Bøni; og so kunde ein ikkje vente anna enn at der vart «lite Vælsignels med Arbeide». Daniel svara ikkje lenger.

Han trøysta seg med aa drøyme um Framtidi og um Inga. Naar han vart Student jamna alt seg; og daa vilde han bjode Inga Holm Hjarta og Hand. Ho var for fin for Bondegutane, og for dei andre var ho ikkje rik nok; so fekk ho staa fri, som Blom paa høgt Fjell, til dess han kunde koma. –

– Daniel fekk ikkje Friplass paa Skulen næste Aar, daa han ikkje kunde skaffe Attest for Fatigdom. Men paa Skulen kom han likevel; Gamlingen tenkte der var ikkje anna fyri. Og kor ille Daniel lika seg paa Skulen, so var det betre i Byen enn heime paa Sørbraut likevel. Ja sjølve Gamlingen vart ein annan, naar han kom til Byen. Det var som han yngdest upp att her inne, totte Daniel. Han kunde sjaa so raud og frisk ut, og hava slik ein Glans i Augo, at ein skulde ikkje kjenne Mannen att. Sjølve Hans Nerstad vart glad, naar han saag Ole Johannes so livleg; han nikka til Daniel og lo so smaatt.

Men ein Gong ut paa Hausten – det var ein regnsur og kald Dag seint i Oktober – totte Daniel at Gamlingen var kvatare mest enn rimelegt kunde vera. Og Glansen i Augo var helst som ei Dimme. Daniel forstod seg ikkje paa dette; kóss kunde det hava seg, tru?

Ut mot Kvelden skulde Ole Johannes paa Heimveg. Daa var han bleikare att og meir tagall; men det underlege Lage fylgde han. Og som han sat i den nye Bykjerra si og rødde nokre Velfar-Ord med Hans Nerstad, saag Daniel, at Augo hans var stirande og stive som paa ein drukkin Mann. Daa seig det ei Tyngd yvi Guten. Han gjekk upp-aa Rome sitt; visste ikkje kor han skulde gjera av seg. Han berre saag Far sin som han sat der nede og glodde med dei rare Augo; og det verkte so vondt i Bringa hans. Kunde Vaarherre tillata slikt? Far hans hadde daa alltid vori ein skikkeleg Mann og haldi seg til Boki. Ja, so nær som i seinare Tid. – Ja, men likevel. – Nei, nei. Noko so fælt kunde ikkje hende. Han sagde det til Vaarherre og, at det maatte ikkje hende! Ein brennande, saar Hug til aa graate kom upp; men han fekk det ikkje til. Han sette seg burtaat Glase; der sat han med Hand under Kinn og stirde ut i Lufti lengi. –

So kom Lias ein Dag køyrande til Byen i den nye Bykjerra og skulde henta Doktaren. Daniel skulde au vera med heim. Det stod smaatt til med han Far. Han var komin heim fraa Byen reint skamfrosin; hadde nok somna paa Lasse og i Ørska køyrt ein galin Veg, so han kom ikkje heim fyrr langt ut paa Morgonen; og daa maatte dei bera han inn. Han var gjenomvaat og reint stiv. Og no laag han der med ein brennande Bringeverk so eleg og arm, at han mest ikkje var attkjennande. Ikkje samla han heller lenger. Han berre laag og rasa, tøvde um Bispar og Prestar og mangt og mykje som der korkje var Ev eller Stev i. Det var nok ikkje anna aa tenkje paa enn Enden.

Daniel tagna reint burt. Han fulgde med heim, tung og hugsjuk som han skulde til si eigi Likferd. No var alt slutt. Og at det skulde koma paa denne syrgjelege Maaten!

Doktaren sagde det var Lungebrand. Dei skulde ha henta han fyrr; no var her inginting aa gjera. Han skreiv upp noko Medisin, murra og fór. Mari gjekk ut og inn og grét; ho var so burte at det mest vart Judit som laut stelle den sjuke. Daniel torde knapt vera inne; det var so fælt aa sjaa Far sin som han der laag, vìsin og graa, med ville Augo og hole, skjegg-grodde Kjakar og saar, riktande Ande; men endaa verre var det aa høyre paa det øre Snakket um «Sonen, som skulde verta Bisp». Mari spurde Daniel med graatande Taarir um Far hans hadde vori … um han hadde fengi noko … meir enn han tolde … der inn i Byen; Daniel vart bleik, men sagde Nei. «Aa Gudskjelov for det daa!» grét Mari. Den raudhærde Kapellanen kom ender og Gong og vilde tala med den sjuke um hans Sjælesak; men det nytta ikkje. Han kunde nok vakne for eit lite Bìl, han Far; men strakst etter var han burti Ørska att. Og i den Ørska døydde Ole Johannes.

Der stod Daniel.

Det viste seg, at Gamlingen i dei seinste Aari hadde sett seg i større Skuld enn nokon visste. Det meste skyldte han hjaa Jens i Larsebakken. Men det var Smaagjeld baade her og der, i Byen og Bygdi. Garden var so skuldsett som han med godo kunde vera.

Skulde dei klara det, fekk dei sjaa aa koma til Lags med Jens. Denne viste seg ikkje urimeleg. Han vilde berre hava Daniel til aa skrive under paa, at han skulde betala Gjeldi – halv tridje hundrad Dalar – so snart han fekk Embætte eller Post; og so skulde Mari og Elias gaa god for Daniel og sjølve staa for Pengane, um han døydde eller vart helselaus; Rentur skulde dei leggje med 5 Procent um Aare til dess Pengane var greidde. Daniel skreiv strakst under. Det kunde ikkje skilja honom noko det; og so vart det daa ein Ende paa all denne Uhugnaden. Til Lagverje tok Mari gamle Tarald Ruste, som fyrr hadde vori Lensmann; og det vart avgjort at ho skulde bli sitjande i uskift Bu.

Der var ingin løynd Rikdom aa finne. Ingin nedgravin Skatt; ingin Pengehop paa Kistebotnen. Kunde Mari og Lias med Stræv og Sparing fikte seg igjenom, so vilde det vera mest meir enn ventande.

Til Daniel var der inginting. Dei sagde han fekk freiste aa koma inn paa ei Krambu. Han svara ha og ja. Kva skulde han paa ei Krambu?

Han gjekk som i ei tung Ørske. Det var ute med alt. Og verst var det aa tenkje paa Inga.

Inga, Inga. Kva tenkte ho no? Han torde ikkje vise seg i Neskyrkja i denne Tidi. Men kvar Sundag naar Folk gjekk fraa Kyrkja, sat Daniel paa ein Stein attum ein stor Runne ovanum Vegen og saag etter Inga.

Det kunde ikkje gaa slik. Her maatte koma Hjelp. Han gjekk under um han ikkje naadde fram; kunde Vaarherre tillata at ei Sjæl gjekk under?

Der var mange rike Folk i Byen. Der var Folk som kosta burt Tusund paa Tusund berre til Stas og Fjas. Det stod just i Blade, at Grosserar Helle hadde kaupt seg ein Lystkutter for 500 Dalar. 500 Dalar til ein Lystbaat! Med dei 500 Dalane kunde Daniel vori berga.

Eller denne Bror vaar, som fór og flakka i den vide Verdi, og ingin visste kvar han vanka; kannhende var han i Amerika … Gifte seg med ei rik Dame, vart Eigar av ein Million; kom heim, greidde heile Bundelen …

Eller den som kunde faa i Bergkongen. Eller Nissen; eller ein Dverg; eller noko anna slikt … Der var Rikdomar nok i Jord og Haug; den som berre kunde finne deim. At ikkje den gamle Dagfinn Sørbraut likso godt kunde ha raaka paa ein Klump Gull! Det var mange som hadde funni Gull i gamle Haugar.

Tarald Ruste! Han skulde vera ein velhaldin Mann. Um ein spraaka vel med honom?

Aa nei. Han var ein Moldtræl han som dei andre. Han var endaa til Jaabækianar. Kva Sans skulde ein der vente for Aand og Vitskap?

– Men Jaabækianaren Tarald Ruste hadde tenkt eit Grand paa den unge «Studenten». Det var ille at dei Pengane skulde vera reint burtkasta, totte Tarald. Dessutan skulde Guten vera klok. Og det vilde vera godt um me kunde faa Embættsmennar av Bondestand. Dei me no hadde, var so framandslege og kjende so lite til Live hjaa Folke, at det var plent som dei skulde vera ein annan Nasjon. Bondegutane derimot, dei visste kva Folke hadde aa staa i.

Han hadde rødt eit Grand med Daniel; det saag ut til aa vera ein snild Gut. Tarald kom innum ein Gong sidan og rødde meir med Daniel. Denne totte ikkje at han, ein Skulegut, kunde hava Meiningar mot ein Mann som gamle Lensmannen; og dei kom godt til Lags. Berre naar Tarald kom innpaa um Jaabæk og Sparetanken, og um at Embættsmennane hadde det so altfor feitt, daa kunde ikkje Daniel vera heilt med. Men han vilde ikkje segja imot heller; han sagde han hadde havt for annsamt paa Skulen til aa fylgje med i alt slikt. Men daa han saag at Tarald Ruste ikkje var fornøgd med dette, lagde han snøgt til, at sjølvsagt var Sparsemd ein god Ting. «Ja, det lærer du nok aa forstaa!» meinte Tarald.

Etter dette hadde Daniel mest som ei Von um Lensmann Ruste.

Og Lensmann Ruste hadde Vonir um Daniel. Han gjekk og undrast paa, kven han skulde faa med seg til aa hjelpe Guten fram. I Bygdi var der ingin som aatte Pengar utan Presten; men det var ingin som gjekk til Presten etter Pengehjelp. Eit Par Mennar i Byen var det som ein kannhende kunde freiste. Grosserar Helle var ein greid Kar i visse Maatar, endaa han ikkje heldt med Jaabæk. Det var dei som tvìla paa, um Grosserar Helle var so rik som han staaka til; men Tarald tvìla ikkje. Og so var det gamle Finsen. Han hadde hjelpt ein slik Gut fyrr, han; det var alltid ein som vilde paa Missjonsskulen; men kven veit; han gjekk gjerne med her au. Tarald Ruste køyrde til Byen ein Dag og tala med desse Mennane. Og det gjekk godt. Grosserar Helle sagde Ja paa fyrste orde. Finsen var seigare; for han hadde lova Vaarherre aa brùka alt det han kunde avsjaa til Sulu-Missjonen. Men sistpaa gav han seg. Kannhende Vaarherre kunde bøygje Hjarta hjaa denne Bondeguten slik, at han òg vart Missjonær ein Gong? Ein fekk setja alt i Herrens Hand, meinte Finsen. So vart desse tri Mennane samstellte um, at dei skulde hjelpe Daniel Sørbraut fram til Student-Eksamen. Og Helle vilde dei skulde sende Guten til Kristiania paa «Fabriken» og faa han «ferdig i en fart»; det var baade billegare og betre, sagde han; og so hadde Jonas Didriksen paa Nese gjort med han Peter, Son sin. Dette gjekk dei med paa, dei andre.

So kom Tarald Ruste svært kry ein Kveld køyrande til Sørbraut med dette Fagnadbòde. Og velkomin vart han. Heile Huse kom paa Ende; Daniel lo; Mari koka Kaffi; Judit gjekk aa stellte um Lensmannen som det var ein gamall Bestefar; sjølve Lias smilte. Mari lika ikkje alt so godt det at Daniel skulde til Kristiania; men ein kunde ikkje setja seg paa Bakføtane no. Ho berre spurde seg fyri; var det ikkje vaaglegt aa sende so ung ein Gut der inn; der skulde vera so mange stygge Folk, Frimaurar og Fritenkjarar og … «Langtifraa!» sagde Tarald Ruste. Dei sende yngre Gutar enn Daniel der inn; dessutan so var det berre noko Tøv det, at Frimaurane slagta Folk og sende deim til Tyrkrie. Det var skikkelege Folk i Kristiania som her. Latinarer var dei, og Embættsvénir, og elles noko stort Herk i mange Maatar; men det kom ikkje Daniel ved; han klara seg nok. Dermed laut Mari lata seg lite.

Daniel hadde ikkje Fred heime lenger. I Kristiania var det han skulde finne det store og ædle og fagre paa Jordi; og Byen bygde seg upp i hans Hugsyn som ein Skog av kvite Taarn. Der vilde eit heilt nytt Liv taka til; men mot Inga Holm vilde han alle Dagar vera trufast. –

– Lengi venta kom endeleg den store Tysdagen, daa han skulde av Stad. Ho Mor og han Lias fylgde til Byen; sistpaa stod dei alle paa Eimbaatsbryggja. Mari var so rædd ho skulde ha gløymt eittkvart; «er det ikkje so at du kunde turva endaa eit Nysta med graatt Ullgarn?» Men Daniel meinte han hadde Ullgarn nok; han berre venta paa Baaten. So snart denne hadde lagt til Bryggja krabba han seg umbord; og han sagde Farvel til Mor si og Bror sin med Hjarta bankande av uroleg Glede.

Det ringde tridje Gongen; Baaten sette i med ein forskræmeleg Yl og tok til aa arbeide seg ut fraa Bryggja. Farvel! Farvel! høyrde ein rundt ikring, og kvite Lùmmedukar tok til aa slaa i Lufti som mange smaae Vengir. Men der var ingin som veifta til Daniel. Gamle Mari hadde kje nokon Duk aa veifte med; det vesle Lùmmaplagge sitt av raudrosut Bommullsty hadde ho gløymt etter heime. Ho stod uti den eine Kanten av Bryggja, langt burte fraa dei fine, og beit i Plaggsnippen og saag etter Daniel med raude Augo; det var so vondt aa tenkje paa at han skulde so langt burt. Ho vilde ikkje graate so framande Folk saag det; men Graaten var ikkje god aa døyve. Han fyllte Bringa som ein saar, varm Flaum, og fram vilde han, vilde han; skar seg heit og brennande fram i Augo; vreid seg bivrande um den magre Munnen. Men daa Baaten hadde lagt heilt ut ifraa Bryggja, og ho saag «vesle Daniel» staa aaleine paa Framdekke millom alle desse framande som saag so reint uvedkomande ut, daa kunde ho ikkje halde seg lenger. Ho snudde seg burt, bøygde Hovude mot Hendane og grét, grét so det skok i dei gamle slitne Akslom.

IV.

«Olsen, Olsinis, Olsini, Olsinem, Olsen! Olsine,» – deklinera Johannes Ortvedt.

Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. «Ja det er rett!» sagde han, «Olsen gjeng etter 3die. Ha-ha-ha! Olsen, Olsinis – ha-ha-ha! Ortvedt er ein Mann med Idear!»

Daniel lika ikkje aa bli deklinera; men han lo med so godt han kunde; han visste det nytta ikkje aa slaa seg sint.

«Og der er Olsen den andre!» ropa Markus Olivarius Markussen, som og var ein Mann med Idear.

Inn kom ein ung, høg Fyr med Hengje-Akslir og lang Hals; Andlite blømde i tæringfine Litir.

«Nei Takk ska' Di ha'!» sagde han med eit Bassmaal som ingin skulde venta fraa slik ein Smalhans; «det skal Di vera blaa for! 'Den andre' er jæ mye for lang til aa vera, ser Di.» Han lagde Bøkane sine ifraa seg; tok Daniel under Armen; drog han med seg midt frampaa Golve; song so med brestande Mæle og store Teaterfaktir:

«Jeg – er – Olsen den første, Olsen den første, Olsen den første; Han – er – Olsen den anden, Olsen den anden, Olsen den anden, – – Begge vise Mænd.»

Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. Johannes Ortvedt higra med; Augo hans lo, og Skjegge hans lo, og heile Karen lo; for han visste, at no kom Markussen med Deklinasjonen.

Og Markussen kom med Deklinasjonen. Apropos: kunde Herr Olsen den fyrste deklinere «Olsen»? –

Fleire og fleire kom. Ein og ein, tvo og tvo, nytvegne og bleike, slitne aa sjaa til; Svevnen sat enno i Augo paa deim; mange sagde: «uff! jæ er saa trætt i Hode i Dag.» Og for kvar som kom vart den Ortvedtske Deklinasjonen tekin upp att, og Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky.

Det «akademiske Kvarter» var strakst ute; Gutane kom i Flokkevis. Sùme sette seg paa Romi sine tagalle og myrke, slog upp ei Bok og stengde seg inn i seg sjølve; andre flokka seg um «Olsines» og den store Deklinasjonen. Der kom Hans Haugum. «Haugum! Haugum!» ropa heile Flokken i Kor; men Olsen den fyrste hadde fengi Daniel med seg frampaa Golve att og ropa utyvi Klassa med sin utrulege Bass: «Mine Herrar! Her stend eg fram på dette Skravle-Ting og krev, at De ein som alle og alle som ein hyller og godkjenner Olsen den andre av Dynastiet Grisenburg som min lovlege og ulovlege Ettermann i alle Maatar –.» Lenger kom han ikkje. «Ja dette Olsen!» sa Haugum; han snudde seg til Daniel og spurde um han ikkje hadde noko Gardsnamn, han heller kunde brùka. Daniel hugsa sin gamle Surbrød-Strid; m–nei, sa han; Gardsnamne var lite tess. «Hva hetter Gaarden?» spurde Haugum. Daniel vreid seg: «aa … « «Han hetter væl itte Tamperud som der jæ er fra?» spurde Olsen den fyrste; aalmenn Laatt. «Nei,» smilte Daniel; han undrast paa denne Austlendingen som vilde fortelja sovori. «Naa, lat oss høyre,» sa Haugum; han undrast paa denne Vestlendingen som var so sein i Vendingi. «Gaarden hetter Sørbr–rød,» sa Daniel. «Sørbrød; det var rart. Segjer dei Sørbrød, Folk der burte?» «N – ei,» svara Daniel, «men det skrivst so.» «Kva segjer Folk daa?» «Folk –; dei segjer … « – «Folk segjer vel Sørbraut ,» lagde Markus Olivarius myndigt inn; han kunde Landsmaal. «Ja,» sagde Daniel; «dei segjer Sørbraut.» «So heiter Garden Sørbraut daa,» dømde Haugum; «og det skulde ikkje vera godt nok?» – «Sørbraut?» spurde Daniel med store Augo. Javisst! Sørbraut! «Sørbraut er eit godt Namn,» dømde Markus Olivarius. «Men Sørbrød – ha-ha-ha-ha! Søerbrøzz « – han hermde det paa Dansk –, «det duger ikkje. Ha-ha-ha! Det er dei danske Futane som hev funni paa det. Søerbrøzz, ha-ha-ha-ha!» – «Surbrød,» smaalo Johannes Ortvedt. Daniel raudna; men han kom seg att, daa han saag at ingin hadde lagt Merke til det. Markus Olivarius tala lærdt um norske Gardsnamn og danske Futar; men Haugum heldt fram med sitt. Sørbraut var eit godt og norskt Namn, som han burde brùka; – «ikkje sant, Rud?» ropa han til ein nykomin som nettupp stod og lagde Bøkane sine ifraa seg. «Heiter Garden Sørbraut?» spurde Rud. «Ja?» «So er der eit Nordbraut og?» Dei saag paa Daniel; «Ja,» sagde denne, « men langt ifraa … « «Det er det same,» dømde Rud; «Braut heiter Garden; og Braut bør De heite.» Rud sette seg; aalment Samtykke. Daniel totte sistpaa sjølv at «Daniel Braut» lyddest godt; og han skulde taka det Namne, sa han, – «om det gaar an da.»

«Hoh-oh-oh! gjeng an?» braut det laust med stort Braak og ein hol, hivande Laatt fraa «Myrkekroken» der Aslak Fjordan hadde sitt Rom; «enn Don Pedro daa? Don Pedro de Monsen, o-oh-oh! – som skifte Namn kvar Gong han flutte, so naar dei skulde ut med Rekningar paa Monsen, so heitte han Larsen, og naar Rekningane lydde paa Larsen, so heitte han Rabbestad; og kom det Rekningar paa Rabbestad, so heitte han Monsen att – hoh-oh-oh-oh!» Men no kom ikkje Aslak Fjordan lenger.

Døri gjekk upp paa vid Vegg. Og inn steig, stor og røseleg i sin lange blaae Slengfrakke, aalvorleg som ein Senator, men med Skalken glyrande fram gjenom graablaae kloke Augo attum Brilleglasi, og med den høge, breide, haarsnaude Skallen liksom lysande av Aand og Vit, – «Gammeln».

I Hælane paa seg hadde han ei Rad av Gutar som kom for seint. Det var helst slike som høyrde med til «Botnskrape», og som jamt var burte; men i Latintimane kom dei; for daa var der «saa mye Morro». Gammeln stelte seg upp og stod og saag paa deim. Der kom Isak Abrahamsen Opjorden i si fjørprydde Vadmaalskufte og med eit Hovud saa urydigt som eit Kraakereir; full hadde han vori, og vaska seg hadde han ikkje; Bøkane sine hadde han gløymt; «gjeng'e du reint laus du,» sagde Gamlen, «liksom Øyken i Fjelle; he!» Der kom dei tvo unge Herrarne Wall og Presler, finstrokne og strake, med Floshattar, Lorgnettar, Sigarar, Spaserstokkar; dei letta fjongt paa Hatten for «Rektor», giorde eit Byks burtyvi Pultane og sette seg paa sine Plassir med dundrande Applomb. «Ha, ha, ha!» sagde Gamlen. Der kom Lars Risvold, eit herlegt Steinbrjotar-Emne, med ein Rygg som ei Laavedør og Armar som Eik, firkanta og svær, trufast som ein Hoggestabbe; til Slutt Bernt Bruvik, lysande av Saapevask, slettkjembd og pynteleg, aalvorsam og truverdig; han bøygde seg fint for Gamlen, men skýna snart, at han enno var for tidleg ute.

For no gjekk Gammeln burtaat Døri og vreid ho i Laas. Mang ein Syndar kvakk, der han sat; for no hugsa Karane, at det var i Dag Gamlen skulde hava Pengar for Oktober.

«Ja naa, Gutter, naa faar Dere vera snilde mot en gammal Mann!» tok han i paa sin skjemtefulle Maate, mest med eit Graatemaal. Det var ikkje so greidt aa vera til for honom heller, sa han. Det var nok av deim som vilde gaa paa Skulen hans og lære Perioden og bli Folk, og faa ei Grunnskuring i Livius – «aa, Livius, Gutter!» – men so var det desse Skillingan, maa-tru. Ja-ja; dei hadde visst vori saa snilde mot'n alle som dei berre hadde kunna; men jaggu trongst det au. Han var ein gamall fatig Mann; og i Dag,– «vet dere hva som hendte mig i Dag, Gutter?» Jau, i Dag, fyrr Fanden fekk skott seg, hadde Gammeln havt «Besøk», – «Besøk av to svartklædte, høflige Mænd» … «og Dere vet vel, Gutter, hvad det har paa sig: aa faa Besøk av to svartklædte høflige Mænd paa Morrakvisten? Og vet Dere det ikke, saa gid Dere aldri maa faa vite det. Har Dere Penger, Gutter?»

Gutane lo. Og dei som hadde Pengar kom med deim. Vestelommur og Pungar vart vrengde og krengde rundt alle Pultar; ein fann tvo Dalar, ein annan tri; sùme var rike og kom med Femma full; og Gammeln nappa til seg alt han fekk i, liksom han var rædd dei skulde taka det fraa han att. Men dei som inkje hadde, dei tagde og liksom gøymde seg. Eller dei gjekk fram og orsaka seg som dei best kunde.

Millom desse siste var det ein som Daniel gav Gaum etter, av di han orsaka seg so godt; det var Bernt Bruvik. Han fortalde ei Sogu som godt kunde vera uppdikta; men som han der stod, truverdig og grunnskikkeleg, trygg paa aa greide seg, med ærlegt Andlit og usvikelege Augo, – ein var nøydd til aa taka hans Ord gode, anten so ein trudde deim eller ei.

Daniel misunte Fyren denne Gaava til aa greide seg. Men han tenkte mest paa Gamlen. Kunde alt Folk taka Pengespursmaale som han tok det, so vilde Verdi langtifraa vera so vand aa greide som ho var.

– Gamlen læste Døri upp att; Latintimen byrja.

Latintimar som desse hadde Daniel aldri drøymt um; Latinen vart beint fram aandfull. Ja sjølve Grammatiken kom det Liv i. Det var som Haugum sa: Gamlen var Trollmann.

I Dag fekk han fat i den fine Staven til Herr Presler og sette seg til aa «spéla»; Staven brùka han til Boge, og med den andre Handi leika han uppetter ein innbilt Felehals som til den gildaste Slaatt. Og so song han. «Amo – amas – amat – amamus – amatis – amant!» – Gutane med, alle som kunde halde seg aalvorsame. «Ska' vi ta' den engang til? – aa ja. Amo, amas, amat! amamus, amatis, amant!» Men naar Gutane skulde greide seg aaleine – Gamlen sat berre og «akkompagnera» –, so gjekk det i Surr. «Nei; naa faar jeg til igjen,» sa han; og i Veg bar det paa nytt. Og daa ikkje det heller hjelpte, kasta han «Bogen», treiv seg med fast Fingertak i Nosi og las amo med eit Mæle og eit Andlit so Gutane storhauka.

Han hadde «Knep» og Paafynster utan Tal. Men kor mange han hadde, og kor rare dei kunde sjaa ut, han fekk alltid noko ut av deim. Det var ein «Metode» som ikkje hev vori uppe korkje fyrr eller sidan; for Metoden var Mannen, og Mannen var eit Geni. Og korleis det gjekk og ikkje gjekk med Gutane hans, – dei tala aldri med slik Varmhug um nokon Mann som um gamle Heltberg.

I Gramatiken laut dei hjelpe seg med Madvig. «Andre Boller» skulde det sidan bli: «naar jeg en Gang faar ud min herlige Grammatik, som ligger hjemme i min guddommelige Bordskuffe, saa vil der oprinde en ny Æra i dette formørkede Land,» spaadde Gamlen i Homer-Maal; eit Ordrag or denne Grammatiken skulde dei elles snart faa. Men dei greidde seg med den Grammatiken dei fekk i Timane. Det var ein sann Skalde-Grammatik. Sogur og Bilæte i Fylgje og Flokk: um «Sprog-Geniusen» som var komin til Jordi og hadde skapt Tungemaali; um Præpositionane som ein Gong «stod pent i Baas», men sidan braut seg ut, so alt vart ei Babels Røre, eller um Ordbolkane som det ikkje var tie men tri av; «i Evighed! der er tre!» Allting var tri; det var endaa ein fælt klok Mann, som hadde vorti galin av di han saag at allting var tri; og no var Trilogien den høgste filosofiske Sanning.

Men naar han tolka dei gamle Skribentane lika han seg best. Daa var han som ein Eldleik av aandfulle Lentur, og Bilæte og Likningar kom sprakande og lysande so modigt og so lystigt som i ei Komedie av Shakespeare.

Men norsk var han; og Daniel vart upp i Under yvi, kor godt han fekk Latinen til aa høve med vaar nordiske Aand. Naar han fortalde um «Cæsarguten», som kom og gjorde Soll paa Remdølom og Bellovakingom i Gallia, den Styggheita, som var so raa som Kua upp i Aasen, daa var det so ein kjende seg mest altfor mykje heime, totte Daniel.

Men han kunde vera klassisk au. Som naar han fortalde um sin kjære Horats og um Live paa hans Lystgard. Der livde dei idealt! Med Kransar av Vinlauv laag dei til Bords ved den sildrande Kjelda og drakk den perlande Falerner til Klangen av Lyre-Spel; «det var noko anna enn aa liggje upp paa Romerike og dyrke Poteter, det, Simon Husmo!»

– I Livius tok han i Dag Lars Risvold upp; daa visste Klassa at her vart Gaman. Lars Risvold var ein snild Gut, men kunde kje noko. Han var av desse Bygdeljosi som gjekk her inne og stræva Aar ut og Aar inn og ingin Veg kom; aat upp og øydde burt fyrst det vesle dei sjølve raadde, og so alt som Systken eller Skyldfolk kunde skaffe, og sistpaa kvar Skillingen dei kunde laane ihop; for heime galdt dei for store Ljos, og paa Kyrkjegolve hadde dei stadi No. 1; Fleirtale av desse enda paa «Fabriken».

Livius fortalde i Dag um Lartem Porsinnam. «Dette er netop noe for dej, Lars,» sa Gamlen; «aa hetter Lartem i Nominativ?» Men det kunde Lars ikkje greide. Og Gamlen jamra: «ho er diger i Dag»; – «ho» var den Trollmagti han slogst med jamt: «Raaheita». «Ja, ja,» lagde han til; «det er verste Ti'a ossaa naa. Naar 'a kommer fra Fjelle om Høsten, saa er 'a feit, og saa rauter 'a; men jeg er Fa'n pine mig inte rædd for aa gaa inn i Baasen tel 'a lel, jeg!» – han rette seg upp. Og han dreiv paa med Livius.

Men der umsette Lars Consilium med Folkeforsamling. Gamlen upp. Stabba burtyvi Golve; vreid seg og jamra seg. «Aa Gud hjelpe meg arme Mann. Det vert ikkje Raad aa lìva for meg i denne Verdi! Dersom du fekk høyre, Lars, at det var komi ein Mann til Byen, som heitte Krag, og du so kom paa Gata og saag ei Kraake paa ein Hestelort, vilde du so taka Luva av deg og helse paa Kraaka og segja Goddag, velborne Herr Krag, velkomin til Byen? – Nei. – Men det er det du gjer her, Lars! Du tek Kraaka for Krag, Lars! Hugsa no det, Lars. Consilium med s er ikkje Concilium med c. Aa, eg arme Mann! Aa, desse Karane som inginting vil lære! Eg kann likso godt tinge meg Plass paa Mangelsgaarden med det same!» Og han heldt fram med graatande Maal og stor Jammer: «Aa er consilium med s, Lars? 'aa er consilium med s, Lars Risvold? Consilium med s, det er Samraad det, Lars Risvold! Det er Samraad det, Lars! Hugsa no det, og lat ikkje ein gamall Mann svelte ihel for di Skuld! – Men Concilium med c,» sagde han og vart stram, «det er Raadsforsamling, det; det er Folkeforsamling, det, det er der, Cicero talar mot Catilina og Cato mot Carthago; hugsar du det, Lars Risvold? – Ja set deg ned daa, Lars! – oh! oh! set deg ned og skjem deg, Lars, fordi du ikkje – oh! oh! oh!» – Gammeln fekk ei asthmatisk Rid og hosta som han skulde kovne – «ikkje kunde skilja millom – oh! oh! oh!» – Hosten tok Magti.

Ein annan kom upp, og det gjekk likare. Men daa dei kom noko lenger ned – der stod: nisi, quanta vi civitates libertatem expetunt, tanta regna reges defendant –, daa stod han fast; han tok tanta til regna. Daa bar det uppatt med Gamlen. «Høyr, min snilde Halvor Mosebø! Dersom du gjekk paa ein Veg og raaka fyrst ei fin Dame, og so ein Student, og so ein Gris, og du strakst etter fann ein fin Silkeparasol liggjande i Vegen, vilde du daa gaa med Parasollen til Grisen og segja: undskyld, høistærede, Di har visst tapt Deres Parasol? – Nei, Halvor, so taapin var du ikkje. Du flaug i Veg til du raaka den unge Dama, og so bukka du og gjorde deg blid: om Forladelse, min Frøken, men De har vist tapt Deres Paraply! Ja visst gjorde du det, Halvor. Men her gjeng du til Grisen med Parasollen, tek tanta til regna av di regna stend nærast. Men tanta høyrer til vi; quanta vi, tanta vi, Halvor Mosebø!» – Gutane lo, men dei fylgde med. Og dei gløymde ikkje lett slike «Timar».

Sistpaa kom Gammeln innpaa Innhalde av det som «Tarkvinius Superbus eller Tarkvinius Storsnut» hadde sagt, og heldt eit Foredrag um Rom og romersk Politik, som var det mest aandfulle Daniel hadde høyrt i si Tid. Endeleg reis han upp og slo ut med Handi. «Nu er vi færdige,» sa han høgtidsamt. «Nu er vi – ved Gud! – aldeles færdige; nu kan vi gaa videre.» Og han sette seg og gjekk igjenom Leksa til næste Dagen. –

– Daniel budde paa eit Loft i Akersgata. Rome var ikkje lite; men det var laagt og hadde Skraatak; dei smaae Vindaugo braut seg ut gjenom Take. Kantar og Kræar var her nok av; Utsyn hadde Daniel til eit Par Hus-Tak og nokre Skorsteinar. Men han lika seg her. Rome var lognt og koselegt; og den stengde Utsyni gjorde at han kjende seg liksom so trygg og godt gøymd.

Byen lika han òg paa ein Maate. Her var kje som han hadde tenkt; her var smaatt og graatt i graatt for det meste; det var utrulegt so simpelt som her kunde sjaa ut mest all Stad, so nær som upp paa Homansbykanten. Men for Daniel var alt nytt og dermed gildt. Den einaste Stubben Storgate Byen hadde, Stykke fraa Storthinge til Slotte, var so gild med alle sine Krambuir og Tre og Slotte øvst uppe som ein breid Vegg, at han sakna ikkje sine Marmordraumar so mykje endaa.

Det var vel so, ein Storby skulde sjaa ut. Dei som hadde Tilsyn med Bygningsstelle her, dei visste nok korleis det skulde vera.

Draumen um aa koma uppi noko stort eller forunderlegt seig fort av han. Han saag ingin Ting som minte um Eventyr. Folk saag svært kvardagslege ut; og um han ein Gong imillom raaka ut for ei gild Vogn, so visste han, at inni den sat det vel i det høgste ein Grosserar.

Men ein Ting arga han: Folk var so kaute paa det. Han totte dei gjekk og smaaflirde aat han mest kven han saag; og um han so berre kom inn paa ei Krambu, eller han skulde hava seg eit Kvartpund Petum hjaa ein Tobakshandler, so var dei Diskemennane og Sigarjomfruine so kaute og krønske, at han vart baade bljug og brydd. Det var vel det at han ikkje tala fullfint enno. Men det skulde snart laga seg.

Den einaste Moro han hadde var, naar han ein Sundags Eftermiddag i Skùmingi kunde vera med Haugum og Aslak Fjordan og drive upp og ned «Karl-Johan». Daa kjende han seg fri; og glad som ein Smaagut gjekk han og glodde paa alle desse fine Folk som strauk att og fram inn-under Hus-Rekkjom som Fisk under ei Aabredd. Stundom kom det fjonge Gjentur – heiltupp Frøknir var det visst – og saag paa han med slike Augo at han vart reint varm um Hjarterøtane; daa kunde dei gamle Eventyrdraumane hans livne upp att. Men dei unge Frøknine gjekk alltid sin Veg; og han høyrde aldri noko ifraa deim.

Det var elles sjeldan han kunde drive ute; paa Fabriken fekk dei so vitlaust med Leksur, at skulde ein fylgje med, laut ein lesa baade Dag og Natt. No lærde Daniel seg dessutan til aa røykje; det høyrde med til Studenterlærdomen det au. Og so sat han si meste Tid paa «Hybelen» og las; røykte og las so det verkte i Hausen. Det var stridt, men det var karslegt; no kunde han daa kjenne at han studera. Byrg skreiv han heim, at han las so det heiltupp røynte paa Helsa.

Av Kjenningar fraa gamalt hadde Daniel tvo, Ole Bentsen og Peter Dirk; desse gjekk no i øvste Klassa. Peter Dirk var nokonlunde den same, smaa-lentug og pynteleg. Men Ole Bentsen hadde vorti gudeleg her inne. Han var komin til aa bu hjaa ein heilag Skomakar, fortalde Johannes Ortvedt; «og da han forstod at han kunde faa bo for halv Pris naar han omvendte sej, saa omvendte han sej naturligvis,» meinte Johannes. Daniel kunde sjaa, at Ole Bentsen hadde fengi eit anna Lag. Det rolege kjøtfulle Andlite hadde stivt seg og strekt seg og vilde vera aalvorsamt, og dei smaae graakalde Augo stræva med aa sjaa kjærlege ut. Og Daniel forstod snart, at Ole Bentsen gjekk med Tankar um aa frelse honom au. Dette vart brysamt. Daniel kunde ikkje umvende seg fyrr han hadde freista det ideelle Studenterliv; men at han tenkte so torde han ikkje vera ved; naar daa Ole Bentsen tok til aa tala um aa agte paa Naadens Tid, so var Daniel reint ille farin. Endeleg skýna Bentsen at Guten var komin i Hendane paa Hans Haugum og gav han upp; glad var Daniel.

– Vinteren var lang og Leksune stride. Ein kunde lesa baade Natt og Dag, og endaa var det raadlaust aa fylgje med. Daniel trøytna. Aa, at alt i Verdi skulde vera so tungt! I Grunnen var det nok med Skulearbeide som med alt Slit: det var ei Straff for vaare Syndir.

Etterkvart merka han seg, kva det var for Lærarar ein kunde «taka det lett» med: og so tok han det lett med deim. Lærde ikkje det dei sette 'n fyri, og var ofte burte fraa Timane deira; kunde andre fara soleis, so kunde vel han med. Han trøysta seg med, at han var nøydd til det.

Ein ujamn, av likt og ulikt samanrekin Flokk var det, han var komin ihop med her. Det meste var Bondegutar og Smaafolks Sønir; men her og der kunde ein sjaa Velstandsfolk med, slike som var burtviste fraa Latinskulen, eller som av andre Grunnar fann det laglegt aa skjote denne «Beinvegen til Eksamen». Her sat friske, grøne Sekstanaaringar jamsides med røynde Skjeggjebussar og Fleinskallar paa 30; vyrdelege Skulemeistrar sat saman med glade Sjøgastar; heilage Mennar som Ole Bentsen maatte sitja i Lag med Ranglefantar og Galningar som kannhende ikkje gjorde stort anna enn drive rundt etter Moro. Saag ein heile Flokken under eitt, hadde han noko fortrykt og forkomi yvi seg, eit Drag av Stræv og Sut, av vonde Dagar eller Rangel; mange gjekk laakt klædde, med skitne Halskragar og Handkragar, med Brøkar upptrødde ned med Hælane, med skeive Sko, med geniale Hattar; burtmed Omnen sat ein Gut med Vinterfrakken paa seg endaa naar Omnen var raud; Tingen var at han hadde Hol i Broki si paa ein Stad … der ein ikkje maa hava Hol i Broki; og det kunde han ikkje dylja paa annan Maate. Mange saag ut som dei smaasvalt; og dei som freista aa fylgje med, gjekk gjerne med ei jamn Skodd yvi Heilen, tunge og mødde av Nattevaking og Ovarbeid, so dei ikkje var heilt-upp seg sjølve. Di lenger det leid, di tyngre det gjekk; det vart mindre og mindre av Godlag og Godskjemt. «Klasse-Aandi», som aldri hadde vori sterk, døydde burt; Flokken skilde seg sund i Smaaflokkar; og dei som ingen Flokk hadde aa sokne til, gjekk og tusla aaleine.

Det dei rødde mest um var vel det dei hadde minst av: Pengar. «Den som hadde Myntsorter!» – den Visa gjekk fraa Morgon til Kveld. Men kom dei inn paa «store Spursmaal», Politik, Nationalitet, Tru, kunde dei bli baade varme og heite. Alt fraa fyrsto hadde dei skilt seg sund i Meiningsflokkar; der var liberale og radikale, der var «norske» og «norsk-norske», Kosmopolitar og Maalmennar. Dessutan var der ein Flokk «meiningslause», slike som «ikkje brydde seg um Politik». I Trui var der like eins Meiningsskilnad; der var Grundtvigianarar, helst millom Seminaristane; og um Jens Rud og eit Par andre vart det sagt at dei skulde vera «Ny-Rasjonalistar». Men uppi øvste Klassa skulde det jamvel finnast Folk som ikkje trudde paa nokon Ting.

Med slike gjekk det som det kunde. Det var ikkje greidt. Dei kom til Byen unge og faakunnige; misste si Barnetru og hadde inkje aa setja i Staden; kunde daa ikkje alltid bera eit slikt Tap. Det var ymist slikt aa høyre gjeti. Haugum fortalde soleis um ein Rødberg, som hadde slept seg so reint yvi; mest endaa verre meinte Ortvedt det var med denne stakkars Olai Juberg; det var ein av dei rette, det. Han saag so roleg og skikkeleg ut, at ein skulde tru det var ein rein Mors-Unge; men i lognaste Vatne var verste Grunntrolli. No gjekk han ikring med snaud Skolt og avblømt Andlit og var visst reint øydelagd. Daniel vart rædd av aa høyre slikt; han sende ein løynleg Sukk upptil Vaarherre um, at det ikkje maatte gaa slik med honom.

Av Klassekammeratane var det Hans Haugum han kom til aa like best. Det var fullvaksin Kar, den Haugum; han hadde i fleire Aar vori Skulemeistar. Han var inne i alt som høyrde den «folkelige Vækkelse» til; i hans Lag fann daa Daniel att mykje av det han hadde lært hjaa Kapellan Hirsch og i Grunnen livde paa enno. Men han torde ikkje vise seg varm i si «folkelege» Tru; slikt vilde korkje Kapitalist Finsen eller Grosserar Helle like, um det eikorleis skulde koma attfor deim.

Fleirtale av disse som her gjekk var Folk som laante seg fram eller vart hjelpte. Berre ein og annan greidde seg sjølv – Haugum, t. D., hadde spara seg ihop litegrand i sine Skulemeistaraar – eller hadde ein rik Far til aa hjelpe seg, som Jens Rud. Dei fleste livde paa Armodsvilkaar, «sùme med fire Dalar Maanaden og sùme med ingenting», som det vart sagt; Daniel fekk ein Vyrdnad for desse «Sveltekunstnarar» som mest vart til Ovund. Han tok til aa skýna smaatt um Senn, at berre Hugnad var det ikkje aa staa i Skuld, um det so var til godt Folk.

Sùme av deim som «livde paa Laan» hadde eit mindre godt Ord; det gjekk stundom gali med deim. Ender og daa var det Skrap reint ut: Slusk som gjekk til Prestar og snilde Folk og skrymta og laug, og sidan sumla burt det dei fekk; millom fleire som soleis skulde vera komne meir eller mindre «paa Drift» vart serleg Rødberg nemnd.

At det var best naar ein kunde greide seg sjølv var alle samde um. Det einaste var, at ein gjerne kom noko upp i Aari fyrr ein naadde fram daa, og at det ofte røynde stridt mykje paa Helsa. –

– Var Haugum Førar for dei folkelege, so kunde ein endaa meir segja at Jens Rud var førar for dei radikale. Daniel trudde lengi at Jens Rud var ein Presteson. Han saag ikkje ut som Bondegut; han hadde ikkje dette breide, kraftige yvi seg som dei; serleg var Andlite altfor fint, og Munnen for klaart forma. Endeleg fekk Daniel vita, at Jens Rud var Son av ein Storbonde upp aa Romerike. Og endaa kunde han vera radikal. Ja han var Maalstrævar!

Til Ruds Flokk høyrde Halvor Mosebø, ein litin rundryggja gulbleik Teledøl med ei Nos som ein Sadel og eit Par myrkegraae, sturne Augo, som syntest smaae under dei hengjande, posne Augnelòki; men i Augnekrokane glimta det stundom; for Halvor Mosebø var eit kvìkt Hovud. Daniel fekk imot han av di han kunde meir Historie enn han sjølv: men det gjorde, at Daniel tok til aa lesa Historie att. Dessutan «Sven Dufva», Per Brageland, ein høg nakkebøygd Gut med tvo klaare, rædde Gaselle-Augo, truskyldig og snild; «Pughest»; høyrde med til desse Maurane som tagde og stræva, tagde og stræva, grov seg stillt gjenom Bok etter Bok, gjenom Eksamen etter Eksamen, til dess dei fekk seg eit Kall nordpaa eller vestpaa einkvar Stad, av di dei var so gamle, eller av di dei hadde Kone og Born aa forsyrgje. Um Per Brageland hadde Jens Rud lagt, at «ett dåligt hufvud hade han, men hjertat, det var godt»; sidan heitte han Sven Dufva. Endeleg rekna dei Markus Olivarius Markussen med til «Ruderne», mest av di han var Maalmann; det var ein herdebreid, haarfager Trønder, ihùga og smaagløgg, med mange Hugmaal, snar til aa læ, ei livleg Sjæl. Han og Halvor Mosebø budde ihop; dei «disputera og lo, og disputera og drakk Øl», og heldt Mode uppe i det lengste.

Ranglefantane var helst aa finne millom dei «meiningslause», sagde Haugum. Der var Isak Abrahamsen Opjorden, som tilslutt vart tekin heim fraa Skulen; og der var Bent Bu, ein Fyr som sjeldan var aa sjaa. Olsen den fyrste og Simon Husmo hadde au sine «Øl-Ridir»; men det var berre ein Gong imillomaat. Bernt Bruvik, som «alltid hadde same Meiningi som den han tala med», laag etter alle dei Tenestgjentur han saag; og kvar Gong han fanga ei, «vart han burte fraa Skulen i 8 Dagar», gjekk Orde. –

– Fraa Tarald Ruste fekk Daniel ender og daa Brev um, at han maatte spara. For spart var spart; og Lande var fatigt; og Embættsmennane livde altfor feitt. Lias skreiv ein Hende Gong og fortalde, at alt stod godt til, og han mest ikkje kunde klara seg. Ingin skreiv um det einaste Daniel brydde seg um: Inga. Daniel sende tvo Gongir Brev til Judit og freista aa faa henne til aa fortelja fraa Klokkargarden; men den Døla forstod ikkje Meiningi.

Pengar fekk han berre so vidt han kunde slite seg igjenom. Stundom naadde ikkje Sendingane ihop; daa hende det at han laut laane. Men det var ikkje faarlegt; han visste han kunde betala. Og han vart alltid berga. Greidast var Austlendingane aa beda um slikt; Vestlendingane var meir vare av seg. –

– Ein Dag kom Jens Rud til han med ei kjærleg Helsing fraa Kapellan Hirsch. Daniel raudna. «Kjenner De Kapellan Hirsch?» spurde han. «Ja; han er gift med Syster mi,» svara Jens. «Aa; so?» – Men Daniel kjende seg styrkt av denne Helsingi; og han lova seg sjølv, at han ikkje skulde gløyme sin gamle Lærar.

Vaaren var seinare her enn heime. Det tok til aa letne alt i Marts, med varm Sol og høg Himil; men so kom April med Vinter; og naar den slutta, og det rett tok til aa verme i Bakkane, so kom Mai med ein kald Nordanvind som aldri tok Ende. Jau, paa Resten rann Juni upp, – Juni med si kvite Sol og sin tette Ylrøyk burt-yvi Fjorden og dei fagre Aasane. Og Sumaren sprang ut paa ei Natt.

Men daa vart det for varmt att. I Byen var det som i ein Bakaromn; ein kunde knapt nok ande.

Daa Daniel hadde lengta seg leid etter Frimaanaden, – so kom Frimaanaden med. Daa var dei som blaasne burt, alle dei underlege Fuglane paa Heltbergs Fabrik; og Daniel gjorde seg ikkje drjug, han heller. Ein forunderleg Ting skulde det bli aa koma heim Kristianiamann. –

– Inga Holm var bleikare no, og meir vaksi, men ikkje mindre søt. Dette Drag av mild Lengt, denne Daam av blid Drøyming, laag yvi henne enno som eit Huldreslør. Men kvi var ho so bleik, den vene Møy? Hadde ho Sorg? Gjekk ho i ein Lengt som ikkje fann Ord? Kunde ho ikkje sova um Natti for Tanken paa sin Vén? Og Daniel kjende Bringa si gaa full av søte Straumar ved den Tanken, at kannhende var det honom ho bleikna burt for i Løynd. Men … dersom det no var ein annan. Og kor rimelegt var ikkje det. Daa vart det graakaldt og tomt ikring Daniel. Og inni Bringa hans vart det like eins graakaldt og tomt, med smaae, rivande Styngir.

Naar han var til Kyrkje, sat han i Skulemeistarstolen no, til eit Merke paa, at han var komin upp yvi Aalmugen. Og han sat der og gjorde seg til for Inga Holm paa Fraastand som i gamle Dagar. Men ein Sundag hende det ein uventande og forunderleg Ting: daa Messa var slutt, kom gamle Klokkar Holm og bad han med seg heim til Middags. Daniel vart blodraud og reint fortryllt. «Takk … Takk,» sagde han. Kunde det vera Inga sjølv, som –! Saman med ein av dei eldste Skulemeistrane fylgde han med Bivring i Bringa Klokkaren heim.

Gamle Holm var fornøgd med Daniel. Guten var den han hadde vori, so vidt som han kunde forstaa. So nær som i Maale daa, sjølvsagt. Dei helsesame Grunnsettningane han var heimangjord med, hadde han haldi paa; og han hadde ikkje vorti uppblaasin. Han heldt med Klokkaren i all Ting; gamle Holm vart mest kaut av aa faa slikt Medhald av ein Mann som ein daa snart kunde kalle studera.

Mons Skulemeistar tagde for det meste. Berre ender og daa kom han stikkande med eit lite Spursmaal um eit eller anna som han lengi hadde ynskt aa faa Greide paa av kunnige Folk. Daniel svara naadigt baade paa det han visste og det han ikkje visste; og Klokkar Holm og Mons Skulemeistar undra seg storleg yvi Visdomen hans. Men det var for det meste Hans Haugums Visdom, Daniel no fór med.

Han tagna, daa dei kom fram mot Klokkargarden. Alt var so underlegt; det laag ein Glim, ei Hildring yvi kvar Ting; alt han saag, det liksom glyrde til 'n og takka for sist, eller drog paa Geipen. Men ei gamall Høne gjekk og kakla og breidde seg og sagde tydeleg, Gong etter Gong: Friar? Friar? Friar?

Daniel raudna og hítna. Men han kom inn. Helsa paa Gamlemor; det gjekk nokorlunde. Helsa paa Inga; det gjekk skralt. Han var ikkje god til aa sjaa henne; der lagde seg ei Dimme for Augo, eller han fekk deim ikkje upp. Men det verste var at han ikkje kunde segja noko. Han stod og tagde som ein stor Tosk. Det var harmelegt.

Men ved Borde vart han modigare, daa han hadde fengi eit Glas Øl. Og so rødde han i Aust og Vest; han fortalde og fann paa, laante og laug; det galdt berre um eitt: at Inga skulde finne det morosamt. Men det han sagde lyddest i hans eigne Øyro som ein tom Dur.

Etter Borde var det Pipa. Vel kom det no med at han hadde lært aa røykje; han vart sitjande hjaa Klokkaren langt utyvi Kveldykti. Inga sat soleis til, at han ikkje kunde sjaa henne fraa Ruggestolen sin; men han kjende paa seg at ho var inne; og her var so hyggjelegt. Make til koseleg Stogu hadde han ikkje set. Og slik ein Hage, med slike Blomar, og med eit Lauv som skalv i Sumarvinden som ei søt Kviskring, fanst ikkje paa Jordi.

Men sidan laut Daniel paa Gjesting andre Stadir. Han maatte til Lensmannen; og der laut han vera ikkje so reint lite jaabæksk. Der var ikkje Raad med det; Lensmann Ruste hadde gjort han so mykje godt. Og næste Sundag maatte han til Grosseraren. Der vart det endaa verre. Der var Middagslag, og han maatte sitja paa ein Stad der alle saag han. Og vart vist fram. «Hm, vor Protesjé,» sagde Grosseraren. «Vi understøtter ham lidt. Vil hjelpe ham frem, ser De. Bare Bondegut; men gode Evner, siger Rektor. Ingen Manerer, som De ser; men det kommer sig nok!» – Daniel sveita. Og det vart ikkje betre, daa ein av Gjestom, som vilde vera «behagelig», gav seg til aa rose Grosseraren for denne hans gode Gjerning, og formana Daniel til aa vera takksam mot so «goddædig» ein Mann. Daniel misste heile sin Mathug. Resten av Middagen sat han og prikka i Maten og høyrde med halve Øyro paa, at ein Prest og ein Skrivar dømde Live av Jaabæk og jamra um, kor magert det var for Embættsmennane.

So snart dei var komne fraa Borde vilde Daniel røme. Men det fekk han ikkje. Han skulde «versgo ha Kaffi». Dessutan, lagde Grosseraren til, hadde han godt av aa vera med i fint Selskap, so han kunde lære Folkeskikk. Daniel laut «vera med»; Grosserar Helle hadde Bruk for Protegéen sin. Han vart utspurd um baade eitt og hitt; og daa dei kom inn paa Politiken, sagde den same «behagelige» Gjesten, Herr Pastor Ring, at han vilde vone Daniel ikkje var Jaabækianar. Daniel «hadde ikkje tenkt noko vidare yvi Politiken,» og det sagde Pastor Ring var rett; Grosseraren meinte au at Ungdomen burde halde seg ifraa slikt. «Men Jaabækianar vert han no ikkje,» lagde Grosseraren til med ein Smil. «So mykje Tiltru hev eg til Guten!» –

Hjaa Finsen var det paa ein annan Maate; Finsen brydde seg ikkje um Politik. Men so vilde han vita um Daniel hadde funni Frelsaren; det var ikkje greidt det heller aa vride seg ifraa. Sistpaa fekk han ei lang Fyriteljing um aa søkje Skaparen i sin Ungdom. Og so kom Finsen med sitt: um Daniel ikkje kunde vilja tenkje paa Missjonen. «Ikke saa aa forstaa, kjære Ven, at jæ vil lægge naaget Præss paa dej,» sagde Herr Finsen; men … han vilde kunna hjelpe Daniel med so mykje større Glede, um Vaarherre bøygde hans Hug til Missjonsarbeide. Skulde det ikkje vera herlegt og stort aa faa vera med aa byggje Kristi Kyrkje i Sululand? Maatte det ikkje vera eit sælt Arbeid aa faa føre Frelsebóde ut yvi Verdi til deim som enno laag i Myrkr og i Daudens Skuggar? – Daniel var i si verste Beit. Daa fekk han ein frelsande Tanke: «Mor vil ikkje,» sagde han. Dermed slapp han. Og han totte han hadde greidt seg godt. Det same totte Mor hans, daa han sidan fortalde det til henne. –

– Daa han var komin godt og vel inn til Kristiania om Hausten att, fekk han høyre at Grosserar Helle hadde spéla upp. Daniel vart reint fortenkt, men – ikkje uglad. So var han daa kvitt den Formyndaren. Men daa han strakst etter fekk Brev fraa Lensmannen, at heretter laut han berge seg med endaa mindre Pengar enn fyrr, kolna Gleda av att.

Paa Skulen gjekk alt som fyrr. Men fire av Gutane var gjengne ut: Wall, Presler, Simon Husmo og Bernt Bruvik. Den siste sagde dei hadde gift seg med ei rik Slagtardotter og skulde vera Handelsmann. Men tvo nye var komne inn att, tvo som hadde vori uppe og stroki. Den eine heitte Gregus Johnsen; det var ein lang, bleik Fyr som dei sagde var Diktar; han hadde endaa skrivi vers i «Posten». Den andre var gamle Vidunderbø. Hans rette Namn var Underbø; men han hadde vorti namngjetin og umdøypt, av di han «snart i ein Mannsalder» hadde «gjengi her inne og stroki til Artium». Men kor lengi han strauk, og kor ille det gjekk, han heldt ut og heldt ut, seig som eit Vidunder. No var han langt ut i Aari, so dei for Moro Skuld fortalde at han hadde ein Son som var Student, og som i «Eksamenstidine» las privat med Far sin «til aa hjelpe den unge Mannen fram». Det var aalmenn Tru, at Vidunderbø kom til aa gaa som ein ny Jerusalems Skomakar og strjuke til Artium æveleg. –

Meir enn nokon Gong dyrka Daniel si huglagde Møy i sine einslege Draumar. Den Solskinsstundi i Klokkargarden livde han uppatt og uppatt; og ut ifraa den dikta han lange Eventyr, som alltid slutta i ein kvit Prestegard millom grøne Tre. Men daa det leid utpaa Hausten ei Stund, vart desse Draumane noko mindre heite.

Det kom ei ny Tenestgjente i Huse. Ho var fraa Vestlande og heitte Berta Maria. Det var ei skikkeleg Gjente, godsleg og snild, med eit Andlit mjukt og rundt og blidt og lokkande som ei Pannekake. Daniel saag paa denne Gjenta og lika henne. Tala til henne vaaga han ikkje; men han lika aa sjaa henne. Snart tenkte han paa henne naar han ikkje saag henne au.

Han vilde henne inginting! Men hadde han kunna noko av Bruviks Kunstir, so vilde han gjort seg kjend med henne i all Tukt og Ære; for daa hadde det vorti so mykje hyggjelegare paa Hybelen. Men Daniel kunde ikkje Bruviks Kunstir. Han vaaga seg ikkje til aa bjode Berta Maria so mykje som ein Teaterbillett.

Men likevel var han glad for ho var her. Og sistpaa tenkte han mest likso tidt paa henne som paa Inga. Det var paa ein annan Maate; for Berta Maria var berre ei Tenesttaus, og Inga Holm var Ideale. Men han maatte likevel undrast paa, at ho var so ofte i Tankane hans.

– Det var Uraad for Daniel aa klara seg med dei Pengane han no fekk; han tok til aa faa Smaagjeld. Og til Sumaren laut han hava nye Klæde au. Han skreiv til Lensmannen um dette, men fekk ikkje Svar. Endeleg kom det Brev; men det var fraa Finsen. Og denne skreiv, at Herren i sin Naade hadde kalla Lensmannen heim til seg. Og Finsen torde segja at den gamle Mannen i Sanning hadde fari med Fred. Han tvila ikkje paa at den Sjæli var frelst; og for det maatte me alle, og Daniel ikkje minst, lova og prise Herren.

Ja, Daniel kunde vera med paa det. Men kor gjekk det med dei nye Klædi? Finsen skreiv ikkje eit Ord um deim. Derimot skreiv han um, at han no vart aaleine um aa hjelpe Daniel. Og han skulde halde ut til Artium; men daa fekk Vaarherre hjelpe lenger. For fraa Hausten av skulde Finsen halde ein Gut paa Missjonsskulen; og meir magta ikkje han.

Daniel vart kald. Det syntest vilja laga seg so, at naar han endeleg ein Gong naadde so langt at han vart Student, so skulde han paa nytt Lag koma paa berran Botn.

V.

«En! to! tre! Pu-ns!» – «En! to! tre! Pu--ns!» Dei dundra Takt med Hendar og Føtar, og friske unge Røystir ropa Orde ut av all si Kraft; det steig som Storm og døyvde med Velde det Surr og det Staak som fyllte Halli som eit urolegt Hav; Russelagskvelden var komin.

Fraa ende til annan var Golve sett med Smaabord og Krakkar; og kvart Bord var sett med «Russ», var svart av Russ. Russ og Ikkje-Russ, akademiske Borgaremne og Borgarar. Men i Kveld var dei Russ alle, unge og glade, unge og øre, tyrste paa akademisk Fridom og Puns.

Det var ikkje Russelag meir enn ein Gong um Aare, og det var ikkje Ungdom i Byen utan det var Russelag. Men daa vart alt ungt som akademiskt var. Vilde Russen drikke Farvel-Skaal med sin grønaste Ungdom og lyftast inn i det vaksne Samfund med Puns og Song, so vilde dei vaksne og gamle lyftast med Puns og Song inn i Ungdomen att, inn i den sæle Tidi daa det hadde vori Inngangen til Live aa faa drikke Farvel-Skaal med sin grønaste Ungdom.

Salen var fyllt. Enno gjekk det ein og annan Seinkomingen og trødde ikring millom Frakkeskaut og Føtar og søkte seg Sæte; men dei fleste var komne til Ro. Ved Bordi eller paa Bordi. Der sat dei no og venta paa Festen, rødde, ropa, hua, lo, jamta som Kattar, gøydde som Hundar og skreik etter Puns; og heile det tettsette Rome var i ein Baaregang av haarfagre Hovud og faste Akslir, av frisk Ungdom og tyrst Livsglede.

Seks hundrad Styvlar og tolv hundrad Stolebein trampande paa eit Golv, seks hundrad Hendar trommande paa hundrad Bord, tri hundrad Halsar haukande, læjande, ropande, gøyande, og so ender og daa gjenom alt dette Staake eit veldugt, taktfast Kor: «en! to! tre! Pu-ns!» – «en! to! tre! Pun--ns!» – det gav eit Buldr, so heile Bygningen ljoma.

Men der var Ungdom i Staake, so at jamvel dei suraste Skulemeistrane tinte upp og lo; og gamle høgvise Professorar sat og smilte so sælt og blidt som dei skulde ha misst heile sin Visdom.

Daniel var som drukkin av alt dette Gladlynde. Han sat i ein einaste Laatt. Kvar ein snudde seg var der Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle Skulane hadde samla seg her, og kvar kunde sitt. Og alle dei skjemtefulle Ord og Ordtak og alle dei range Spursmaal og snøgge Svar og all den ravgalne Latinen som flaug gjenom Lufti som ein Nissedans! So fri som her hadde Daniel aldri kjent seg. Kvardagslive med sitt Stræv og sitt Mas var gløymt; Folk hadde lagt Tankane og Sorgine etter seg heime; Morgondagen var ikke til; Gleda, Gleda aaleine livde; dette var aa vera Student; dette var det ideale Studenterliv.

Men Punsen gjorde seg drjug, og Russen vart utólug. Rundt heile Salen reiste det seg Rop etter Gudedrykken; der var ei Tramping og eit Lurve-Leven, so det var svært godt aa hava tjukke Øyro. Ein ung Fyr med eit blaatt Band paa Bringa ropa inn gjenom ei Dør, at Punsen trong si Tid, den med! – men han vart ikkje høyrd; kven brydde seg um slikt Prosatull.

Endeleg viste det seg ein Skjenkjesvein; og strakst etter fleire; Punse-Kannur hadde dei og Glas. Hurra! Hurra! Alle Hundar gøydde, alle Hanar og Gaukar gól; men dei som maatte vera Folk, klappa i Hendane eller hauka. Og med ein Gong ljosna Salen av hundrad vittande Hendar og Handkragar; alle vilde hava fyrst; «Pst! hit!» «Vov! vov! hit!» «Opvarter! Opvarter!» «Jens!» «Kristian!» «Munnskjenk!» «Ganymedes!» «Pst! Pst!» – og Salen var aa sjaa til som ei kraumande Maurtuve. Utruleg snøgt kom det Puns utyvi til alle Bord; og Hans Haugum fekk ei Kanne aaleine til seg og sin Flokk.

Og etterkvart som Folk var forsynte, vart Gleda mindre skraalande, meir inderleg, vart liksom til ei smaaputrande Koking av Smaaprat og Laatt, med eit og anna haukande Rop inn-millom. Alle var samstelte um, at Punsen var laak, for søt og for slakk, berre noko Skvip; men Puns var alle dagar betre enn inkje Puns; og ein fekk taka det att i «Kvantiteten».

Daniel totte Punsen var god, han. Men han heldt med dei andre, daa dei maatte vita det betre. Og han sette upp ei Skýnarmine og sagde til Aslak Fjordan, at det var ikkje Puns; det var berre Sukkervatn.

Men der kom Magister bibendi.

Det var ein ung, høgvaksin Gut med svært Haar og brunbleik Hud; ein diger, djerv Munn hadde han og var aldri det Slag rædd. Han vart fagna med eit stort Skraal, smilte, bukka, tok seg ein Slurk Puns, sagde Hm! og lagde i Veg:

«Mine Harrer! (all right! Hurra!) Snart – er den Dag kommen – (Hurra!) da vi – for Alvor – kan sige Farvel (Kykeliky!) – til den Tid (Jubel, Remjing) – til den Tid (vov! vov! vov!) som vist de fleste af os – mer end en Gang … eh! eh! eh!» – Talaren laut hoste. Han svelgde Hosten med ein Slurk Puns og vilde byrja att; men no hadde heile Salen fengi Hoste. Eh! eh! eh! oh! oh! oh! hosta det fra alle Kantar og Kræar som i ei Kyrkje paa Nyaarsdag, og sistpaa tok ein til aa njose – uih! uøyh! – so det song i Veggjom; Fyren vilde tydeleg faa Magister bibendi med til aa njose; og han naus og naus, meir og meir hjarteleg, meir og meir forførande: uih! he; uih! he; – men magister lét seg ikkje lokke. So snart Hostingi og Laatten hadde stilna nokorlunde, hogg han i att som inginting var, skrikande paa med sine breide Vokalar og harde rivande r'ar, so det kunde høyrast under ein Foss:

– – Segja Farvæl til den Tidi, som dei fleste av oss – visst mang ein Gong – – paa vor Gute Vis (æh? vov!) hev forbanna (Bravo! Bravo! Bravo!) som ei Trældomstid (Mja-au). Faustis avibus (Hurra!) vil me no – um faa Dagar – vera vaksne (Kykeliky!) og frie Mennar – vera Studentar , mine Harrer, norske Studentar! – Langt jublande Staak; Hurrarop, Hauking; lang nedi ei Kraa gól ein Gauk.

Talaren lagde med mange Ord og Likningar ut den store Skilnaden millom fyrr og no, og Daniel forstod han so godt: Grunnskilnaden var, at Skuleguten var nøydd til aa arbeide, men Studenten kunde gjera som han vilde. Studenten arbeidde, naar Aanden var yvi han, «naar Minerva vilde» (Bravo!), «og naar Minerva ikkje vilde mine Harrer» (so vil Venus! Kykeliky!), – so hadde Studenten det store præ, at han sjølv raadde yvi si Fritid (»Skaal!» «Hurra!» «Pereat Rector!»). Og det vilde segja, at fraa no av var me haldne for myndige Mennar.» Talaren drakk. Aalmenn Jubel.

Daa han skulde til att kunde han ikkje koma til Ords; alle Hundane gav seg til aa gøy; dei skýna at no vilde han innpaa det aalvorlege. Vov, vov! «Og no, mine Harrer» – vov, vov! – «Og no, mine» – – «Silentium!» skreik Magister med fælt Maal; og det hjelpte. Han gav seg til aa leggje ut um Andsvare ved aa vera «myndige Mennar»; og det fekk han gjera nokorlunde i Ro. Naar Samfunde «sleppte oss lause», meinte han, so gjorde Samfunde dette i den Trui, at me var vaksne nok til aa vera vaare eigne Skule- og Tuktemeistrar; og i den Trui burde daa Samfunde ikkje svikast. Taleren gjekk sistpaa yvi til ei Skildring av den sanne Studenten, ei Skildring, som vann stort Samtykke, av Daniel ikkje minst. Den sanne Studenten var fyrst og fremst ikkje «Materialist»; han lét Kræmaren syrgje for det som høyrde Gryta til; sjølv livde han for det sanne, det fagre og store; den sanne Studenten var ikkje heller «Melankolist»; han lét kvar Dag hava si Plage, og elska, som Dr. Morten Luther hadde sagt, «Piger, Vin og Sang» yvi alt («Hurra!» «Fanden spare!»). Endeleg var den sanne Studenten – trulova . Men her kom Talen mest burt i Jubel og «Skaaling»; Daniel drakk stilt for seg sjølv ei Skaal for Inga Holm – som han i Kveld aaleine vilde minnast –; Magister skreik seg reint maallaus, fyrr han naadde til Endes paa Talen sin.

Og no sette alle desse nyfødde myndige Mennar seg til aa skrike ut av fyllte Lungur si umaatelege Glede; og dei trampa Samtykke med Styvlehælane so Salen skalv. So vart Russesongen spreidd ut-yvi Flokken, flagsande gjenom Lufti, som Fivreld; Musikken uppaa Treve skar i aa spela; og Songen steig, ylande gjenom Salen som ein glad Storm, Sigersongen um at no var dei ikkje lenger Skulegutar, men Russ, og at snart skulde dei, faustis avibus, vera Studentar.

Songen gjekk fyrst ein Gong med Musikk, og sidan utan Musikk; daa vart det gildare endaa. Dei skilde seg sund i Smaaflokkar og song kvar i sin Takt; sidan kvar paa sitt Vers; Fridomen livde høgt, og Gleda var fullkomi. Ungdomen hadde slegi seg laus, og dei gamle hadde gløymt sin Alderdom; alt som i Salen var løyste seg upp i Song og Laatt; og Punsen gleid ned, so smerin han var, som det skulde vori Nektar.

Langt um lenge slutta Songen. Det reiste seg eit Havbrak av Klapping og Tramping, fyrst fraa ein Kant, so fraa ein annan, sistpaa fraa heile Salen, og gjenom Havbrake gjekk skakande Rop paa «Forfatteren! Forfatteræ-n!»; til dess Salen liksom ikkje var anna enn dette eine villande Rope. Og det varde lengi. Dei kunde ikkje trøytne, desse unge Bringur; og det gjorde ikkje noko um det sveid eit Grand i dei mjuke Hendane i Kveld. Tilslutt laut den sæle Diktaren fram. Det var ein ung Gut som alle dei andre unge Gutane; skvatt upp paa Talarstolen, bukka i Hytt og Vêr og var burte att som eit Syn. Lang Gledelaat; etterkvart meir rolegt.

Mange som totte her var for trongt inne, eller som hadde fengi nok av Øyredøyving og Tobaksrøyk, drog seg ut i Hagen eller paa Svalgangen og slo seg ned der med Punsen sin i smaae, hyggjelege Bordsetningar. Inne i Salen vart det meir og meir Utskiljing. Punsen tok til aa verme i dei unge Skallane; fleire og fleire fekk Hug til aa samtala med gode Kjenningar i Trumaal. Hans Haugum og Aslak Fjordan sat og dømde Russetala; ho var lite tess, totte Aslak; berre desse vanlege Talemaatane; men Haugum var forundra yvi den unge Fyren, som hadde kunna faa segja so vidt mykje i so vidt Samanheng under alt dette Staake. Daniel heldt med Haugum. Det var forunderlegt, at ein so ung Gut kunde stige fram og tala so vidt godt i so stor og kritisk ei Forsamling.

Punsen var god; Daniel vermdest. I Fyrstningi hadde han tenkt litegrand paa Far sin; men det slo han ifraa seg att; det var Skìl paa aa drikke Puns i eit Russelag og aa drikke Kornbrennevin millom Bøndar. Brennevine, det øydelagde sin Mann; men Punsen høyrde med til det ideale Studenterliv.

Og det forstod han klaarare og klaarare, di meir han drakk. Aldri hadde han kjent seg so god og rein, so høgt lyft yvi all Armodsdomen og Raaskapen i Verdi. Ja etterkvart kjende han seg so ideal, at han brydde seg ikkje um sine Pengesorgir heller.

Den einaste Kjensla som livde i hans Barm, det var Kjærleik, Kjærleik til alle paa Jordi og serleg til deim han var saman med her i Kveld, men alra mest, alra mest til Inga. Henne vilde han snart skrive Friarbrev til – det stakk so underleg i Bringa naar han tenkte paa det –; og Skaal etter Skaal drakk han for henne i Løyndom. Berta Maria vilde han ikkje tenkje paa i Kveld; i Kveld var han Russ; og ein Russ skulde tenkje paa Ideale.

Aa, so takksam han kjende seg mot Vaarherre, som av si Miskunn hadde hjelpt han fram, so han no – han , Bondeguten fraa Sørbraut i Nes Sokn – fekk smaka denne høge Gleda aa vera med, um det so berre var for denne eine Kvelden, i det ideale Studenterliv. Det var sant at Visdomsrøtane var sure. Men Frukti var søt etter Maaten; søtare enn han rett hadde visst.

– Paa Talarstolen stod det ein ny Mann, ein gamall, fredeleg Herre aa sjaa til, med graakvite Haarduskar uppyvi ein halvsnaud Skolt, og med eit Par underlege Horngluggar til Augo. «Professor Darre!» kviskra Hans Haugum. «Professor Darre! Professor Darre!» kviskra det fraa Øyra til Øyra i Salen, og ut paa Svalgangen, og langt ned i Hagen; Flokk etter Flokk kom inn att med Punseglasi i Neven og Augo i Haargarden; det vart ropa Bravo; heile Salen ropa Bravo; men meir rolegt, liksom naar Skulegutar ropar Vivat rector; Daniel visste at dette var Professoren i Filosofi.

Hans Haugum og Ortvedt spratt upp og trengde seg fram mot Talarstolen; Daniel fylgde etter uroleg og glad; no skulde han endeleg faa høyre Visdomens Ord fraa sjølve Kjelda.

Professor Darre tala ikkje høgt; men Daniel fekk Meining i det meste. Det var noko um, at Skuletidi ikkje var so leid som ein ofte trudde; naar ein vart eldre vilde ein sjaa mangt paa ein annan Maate, og daa vilde Minni fraa Skuledagane faa baade Meining og Liv. Og Professoren skaut Nakken fram og glodde ut i Lufti med Hornlyktom sine, liksom han øygna eitkvart der langt uppe og ute, som andre ikkje saag; og Salen ropa Bravo, Bravo. Men, sagde Professor Darre, lat meg ikkje gaa meg burt! I Kveld skal me ikkje vera gamle og kloke, eller gamle og galne som det heiter i ein Variant (Bravo!); i Kveld skal me vera unge og øre, eller unge og galne, um De vil (Hurra); og kven veit: kanskje er Ungdoms Galskap til Slutt den største Visdom (Bravo).

Professoren vart no meir høgtidsam. Han kremta og kom inn paa ei lang Utgreiding um det akademiske Stand, som han skildra som ein høgre Mannheim ovanum det vanlege Live. Den som kom herinn var dermed vigd til Ideens Prest; han skulde heretter lìva, ikkje for det endelause men for det uendelege, lìva Aandslive , ton bion theôn i menneskjeleg Meining (Bravo!), med eit Ord, mine Herrar, i Sanning lìva for Ideen (Bravo!) Alt det smaae og smaalege, som fylgde det vanlege Live, maatte han her frigjera seg fraa; han maatte, aa segja, alltid hava Brudlaupsklædningen paa seg; for her galdt det aa vera Menneskje i høgste Meining, lìva i og for det, som i Sanning var Menneskje verdigt. Der ute i Kvardagslive var Mannen sundbytt og og sundskift i dei tusund Smaaformaal, so han aldri i Fred fekk samle seg i det ideale; han kunde ikkje i dette endelause Kav høyre Aandsharmonien gjenom alle dei spreidde Røystir eller sjaa Einskapen gjenom Dagsens brotne Straaleleik; men her, i Aandsheimen, naadde ikkje dei villande Røystir inn; her var Høgd og Fred; her fann Aandi seg sjølv; her vart ikkje Tanken sundra og sprengd av det tilfellige, det smaae og spreidde, det sundrivne og tankelause, einsiduge og endelege i det vanlege Live; her skulde ein, menneskjeleg tala, sjaa Gud som han var, tala med Aandi Andlit til Andlit (Bravo!). Ein halvfull Hund burte i ei Kraa vaaga seg til aa segja vov! men vart nedhyssa.

Der ute galdt det dei praktiske Fyrimaal, det nyttige for Dagen, det «matnyttige», um han maatte brùka eit slikt Ord; her galdt det, frigjort fraa all Vildring i det mangfelde og sundskilde, aa søkje det ævelege, det i seg sjølv væsentlege og sanne. I dette høge Live, i denne aandelege Presteskapen, var det, at mine unge Herrar no skulde koma inn; men dei kom ikkje tomhendte, um so var; dei hadde sin Ungdom .

Professoren viste kor merkeleg vel laga for Ide-Live nettupp Ungdomen var med sin sterke ideale Hug og sin Sans for det store og aalmenne. Naar den friske Ungdomen kom inn i det ideale Aandsliv, var det paa den eine Sida han som fann seg sjølv; men paa den andre Sida var det Aandi som fann honom eller fann seg sjølv i honom.

– Dei som stod ved Dørine tok til so smaatt aa draga seg ut; dei som inne sat stakk paa Punsen; det vart langt, dette, skýna dei.

Daniel høyrde paa med djup Aahug. Dessverre forstod han ikkje alt; men det fann han rimelegt. Og det gjorde ikkje stort heller; for han kjende paa seg, at Professoren hadde Rett.

Det um det høge Aandslive kjende han att fraa Kapellan Hirsch, berre det her var so mykje djupare og lærdare. Og at det vanlege Kvardagslive var noko Tufs, det visste han.

Det som kom sist var best; og daa fekk Professoren Samtykke fraa sjølve Hundane.

Det var reint gali, sagde han, naar dei unge Studentane trudde at det galdt um aa lesa so svært mykje i dei fyrste Par Aari. Det var ikkje Meiningi det. Arbeide, det kom tidsnok. Det tunge og tankekløyvande Stræv med dei tusund einskilde Ting som ein laut lære, so det heile kunde forme seg fram klaart og artikulera, det høvde betre noko seinare, daa ein hadde meir Kraft til aa dukke under i det einskilde og like vel halde fast paa det aalmenne. Ikkje for det: den eldre Alderen i desse Tidir gløymde tidt nok det aalmenne, den med, dukka so djupt i det einskilde at han bleiv der. Ja sjølve Vitskapen var aat aa blive i denne Djupni. Det var nettupp ei Tid no, daa alt Slag Servitskap gjorde seg breid og vilde gløyme sitt Samanheng med det aalmenne; Professoren bad sine unge Venir agte seg vel for aa koma uti dette. All Serkunskap var i seg sjølv daud og aandlaus. Det var ikkje Kunskapar um ditt og um datt som gjorde ein Mann til Vitskapsmann; det som det galdt um var Syne paa det heile, gaaingi av dei store, aalmenne Grunnar, av det store, aalmenne Samanheng (Bravo!). Men no trudde Professoren, at ein av Grunnane til at dei studerande so lett vilde gløyme seg burt i den aandlause Servitskap var, at Studentane ikkje i dei fyrste Aari visste aa bruka Tidi si rett, men kasta seg yvi Serstræve strakst, og trudde det galdt aa stuve i seg so mykje Kunskap som mogeleg. Men det skulde dei nettupp ikkje gjera. I dei fyrste aari skulde dei taka det i Mak (Bravo! Bravo!) og leggje meir Lag paa aa lìva eit friskt og idealt Studenterliv – eit Ungdomsliv i Ljose fraa dei ævuge Ideal – enn paa aa lesa lærde Bøkar. Dei skulde brùka Tidi til aa umraa seg, sjaa segum, finne seg tilrettes i den nye Heimen, vinne Yvisyn og Utsyn yvi dei Viddir der dei sidan skulde vandre; njote sin Ungdom skulde dei, men njote som Studentar, som aandsvigde Sveinar i Ideens Presteskap, som cives academici. Og det var det herlege ved aa vera ung Student; det var det sanne Innhald av Russe-Gleda, av Fagnaden og Festen her i Kveld (stort Samtykke). Og so vilde daa endeleg Professoren slutte med eit Leve! for den studerande Ungdom. « Hurra!» «Hurra!» ropa dei Salen rundt; sistpaa døydde Ropingi burt i ei lang, brakande Klapping.

Etterpaa vart Professoren borin paa Gullstol; Daniel hadde aldri set slikt fyrr og totte det saag taapi ut. Men klappa gjorde han som dei andre; for det siste Stykke av Tala hadde han lika framifraa.

Han arbeidde seg attende til Borde sitt og smaka paa Punsen. Modig var han og glad. Verdi var so hyggjeleg, og Folk var so snilde. Han fekk slik Hug til aa tala med deim, tala ut med deim; segja si Hjartans Meining til deim, og faa høyre deira Hjartans Meining att; og helst hadde han Hug til aa tala med sin kjære Ven Haugum. Men Haugum stod langt burti Salen og rødde med ein framand Fyr, – ein stor Tosk saag det ut til, totte Daniel; og Aslak Fjordan var komin inn i eit anna Lag ved eit anna Bord; der sat han og gjorde slikt eit Staak, at Daniel lo med seg og tenkte i Hjartans Glede, at Aslak visst alt var full. Men Ortvedt var inginstad aa sjaa. So sette Daniel seg til aa vente. –

– Der kom Markus Olivarius Markussen og Halvor Mosebø kryssande hit millom Bordføtar og Styvlar; ustøde var dei visst sjølve, og seint gjekk det; men Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. «Ha-ha-ha-ha! Sjøgang idag! Og forb-banna mange Vrak!» – han hermde ei kjend Rispe. Daa Halvor kom framtil Daniel, helsa han med stor Glede; treiv Handi hans og gratulera sin «Busenfrynd»> utan Ende; og Daniel, som elles aldri hadde kunna like Halvor Mosebø, vart likso glad; drog han nedpaa Stolen ved Sida av seg, og lo av di Halvor var full. Det var so morosamt aa vera ung og slaa seg laus! Og Daniel kjende ein urimeleg Hug til aa leggje Armane um Halsen hans Halvor og sverja han Venskap til æveleg Tid; men Halvor spurde etter Puns, han. Og der var Puns nok. Dei fyllte Glasi, sagde «Skaal» og drakk. «Naa, hva sier De om –» tok Daniel i; men Halvor Mosebø tok til aa syngje med sitt vesle visne Maal; «Hev du set noko ti Kjeringjé mi – uppe i Lié, i Lié!» – «Hæ-hæ-hæ,» lo Daniel; «men hva siger De om –?» – «Jej æ Bondegut, jej, ser du!» sagde Halvor, – «Bondegut, jej, ser du! Jej æ fra Tellemarken, jej, ser du!» – Ja, det var bra det, meinte Daniel; han for sin Part var óg Son av ein Gardbrukar. «Hev du set noko til Kjeringa mi –! – Ska mi drikke Dus?» sagde Halvor Mosebø. «Ja vel; all right !» – «Bondegutar baae tvo!» – « All right !» – «Skaal du!» – «Skaal!» – «Æh! – Kor Fanden vart det av Olivar … Markus Oliv … Kjenner De Markus Olivarius?» – Daniel lo; no hev han alt gløymt, at me drakk Dus, tenkte han. Nei; Markus Olivarius kjende han daa ikkje noko vidare. «Men hva siger du om Russetalen?» – endeleg fekk han Spursmaale sitt fram. «Um Russetalen! God Tale det, Far! God Tale det, Far!» – «Ja det syntes jej og. Men … « – «Ja der var mykje Skrap au; Gudbevar's!» – «Ja; mykje av desse vanlege Talemaatane –.» «Ja visst, ja visst … – Kjenner du Markus Olivarius?» – «Nei dessverre, ikkje stort …» – «Pine! staut Gut. Pine! staut Gut. Ja, anten du vil tru meg eller ei … no hev me butt saman i halvanna Aar; og dersom det hev falli so mykje som … so mykje som eit halvt Ord! – Ja, det er ein merkeleg Kar.» – «Ja, det er det visst. Men du –?» «Naa?» – «He-he; ja, det er ein Ting som du aldri hev visst … « – «Visst? Eg veit alting, eg. Kom ikkje der! Veit du kva Aar det var Filip den 4de … « – «Ja, der er det just! Veit du, at eg lengi var din verste Uven, av di du kunde meir Historie enn eg, he-he-he?» – «Skaal!» – «Ja lat oss faa litt aa drikke fyrst … « – «Du habst Rekt, min Son. – Skaal! – Ja, Historie kann eg; kom ikkje der. – Hev du set noko til Kjeringa mi, uppe i Lia, i Lia? – Kor Fanden vart det av Mark Oliv?» – «Aa, han kjem vel; han er berre utpaa Verandaen. – Det er sant, kva var det du fekk?» – «Eg? Eg fekk –» og Halvor slog i Bordet for kvart Ord –; «eg fekk Dægeren tuti meg 3, 4! – men den Fir'eren skal dei faa betala, skal dei! … men eg er like god Gut for det, eg … men dei skal faa betala det! Skarvepakke! – dei skal faa minnast Halvor Mosebø! Her er Guten som ikkje læt seg flaa med Navaren … skal dei faa sjaa. Skaal!» – Daniel visste ikkje kva han skulde segja til dette. Halvor sat og sturde; so skreik han upp: «Hev du set noko til Kjeringjé mi?» Strakst etter sagde han: «De fekk 2, 2, De?» – «Nei, 3, 3.» – «Aahaa. – Skaal, gamle Busenfrynd! – Skal me drikke Dus?» – Daniel lo; «me drakk just Dus,» sagde han. – « Du habst immer Rekt,» sagde Halvor; «i Kveld er eg full, ser du! Men det gjer ingin Ting! – Odelsbonde, ser du! Telebonde, ser du! Kom ikkje der! – Kor Fanden vart det av Markus Olivarius?» – Han reiste seg og skeivla ut; Daniel ropa etter han, men han høyrde det ikkje.

Det var komi meir Uro i Folk; Mengdi var paa Føtane; der var eit jamt Drag ut og inn Dørine. Millom deim som drog att og fram der saag Daniel ikkje so faae Bondestudentar; underleg nok; ein kunde mest sjaa det paa deim.

Halvt attum seg totte Daniel han høyrde eit Mæle han kjende; han snudde seg og saag; det var Magister bibendi. Han stod og tala med den same «Tosken», som Haugum hadde rødt med for eit Bil sidan, og «Tosken» spurde, um Magister hadde vori rædd daa han skulde upp og tala i Kveld. «Jagu va jæ rædd!» svara Magister. Daniel vart sitjande reint einstird: Fyren hadde Mod til aa segja, at han hadde vori rædd!

Ein ny Mann paa Talarstolen. Han tala for «dei gamle». Det var ein Mann med godt Mæle og med mange Ord som klinga godt; men Daniel fekk so lite Meining i det han sagde.

Endaa ein ny! Men det var ein sovorin Kar, at Daniel aldri hadde tenkt han skulde faa sjaa slik Syn i eit ideelt Studenterlag. Som han kom hivande upp paa Talarstolen slurveleg og slengin, skeiv i alle sine Rørslur, med eit langt, skakt Bondeandlit og skygge Augo under framskotne Bryn, visste Daniel ikkje, kva han skulde likne han med. Men for denne underlege Mannen gav Salen seg til aa rope Hurra og klappe, og gjenom Dundere høyrde Daniel ei gnell Røyst som ropa: «Leve Dølen!»

So dette var Dølen!

Daniel kjende sig eit Grand rar der han sat, lite tankeslørd, lite tung yvi Augo … men no vart han kvik att; han flaug upp; kjende seg noko lett i Føtane, men arbeidde seg fram mot Talarstolen so snøgt han vann; han vilde sjaa og høyre denne norske Villmannen som det gjekk so mykje Drøs um, og som skreiv so flirande og ravgali paa sitt ravgalne Maal i det ravgalne Døleblade sitt.

Rett stillt og godslegt, men med rare, blinksande Augnekast, tok Dølen til aa fortelja, at det var forunderlegt i Grunnen, at tvo-tri hundra Gutar i Tjugeaarsalderen kunde sitja saman ein heil Kveld og drikke Puns og hava det hyggjelegt, og so ikkje halde so mykje som ei Tale eingong for det som unge Gutar jamt var so galne etter, nemleg Kvinna (Hurra! Hurra! Staak); Daniel kjende ein litin heit Styng i Bryste og tenkte paa Inga; men Berta Maria vilde og fram, og det var i Grunnen so leidt aa vise henne ifraa seg. Men, sagde Dølen og vart sterkare i Mæle, naar dei unge Ungkarane ikkje gjorde si Plikt, so fekk dei gamle taka i; for Gud hjelpe oss alle, um Kvinna vart oss ublid! Og so vilde no han freiste paa aa ofre eit lite Røykoffer for den strenge, men likevel so inderleg snilde Gudinna, eller Gydja, som det heitte paa norskt; og det vilde han gjera for oss alle her, liksom dei katolske Prestane drakk for alle sine Sokneborns Syndir; og daa vona han, at ingin av alle desse Gutane her skulde koma ut for anna enn godt og blidt ifraa Kvinna.

Dei sagde nok at ho var den veike og Mannen den sterke; og det stod tilmed skrìvi, at Kvinna var eit skrøpelegt Kar; men – Skam far i det! – ho var sterkare enn nokon visste, det Trolle; og mang ein sterk Mann hadde ho bøygt og broti med sin vesle Finger, liksom Huldri i Folkesegni braut Hesteskoen i tvo Bitar med sine nakne mjuke Hendar som ingin Ting.

Heile Salen fylgde hans Ord med Samtykke og Laatt og lystige Tilrop. For alt han sagde, kom so morosamt. Daniel fann ei Moro berre i det at denne gamle Styggingen, halvt Bonde og halvt Satyr, skulde tala for Kvinna.

Og han lagde i Veg, paa sin sereigne Maate, halvt skalkut, men aalvorsamt likevel. Han meinte visst so nokonlunde det han sagde, kor rart det kunde høyrast ut; men daa han vel ikkje alltid var stød paa um han meinte det plent so som det var sagt, so kom han gjerne med ein Sleng paa det tilslutt, som minte Folk um Dølens «Tvisyn». Men stundom kom han med Tankar, som var so forunderleg mjuke og fagre, at ein reint gløymde Dølen og berre saag Diktaren.

Kvinna var Fred , sagde han, – endaa dei gifte Mennane tidt sagde noko anna. Ho var Fred, av di ho var Gagne ; ho saag paa det nyttige, paa Maten til seg og Borni, og var difor paa sitt arme Liv for at Mannen skulde koma ut i Ufred eller Uferd paa nokon Kant og dermed gjera seg ufør. Difor maatte alle Aandsmennar, alle som vilde stride og ofre seg for ein Tanke eller ei Sak, – dei maatte vera Sveinkallar liksom han, so at ingin brydde seg um anten dei flaut eller sokk; for daa var det ikkje vandare i deim.

Men sjølvsagt vilde han ikkje ynskje noko so stygt som at alle desse fagre unge Gutane her skulde bli Sveinkallar; det vilde vera Synd baade for deim og for den arme Kvinna, som nok altfor gjerne vilde gifte seg, stakkar, endaa ho jamt gjekk og gjorde seg strengbedi og slo paa Nakken, so lengi ho ikkje var yvi 30 Aar. For Kvinna var Kjærleik; ho var skapt til aa gifte seg; og slik som ho no vart upplærd, so dugde ho ikkje til anna heller, og lite til det med. Mannfolki elska nok, dei og; det fekk me Sveinkallar kjenne, som altid elska og ikkje fekk; men det var paa ein annan Maate, det; det var som Rovfuglen med Skinn og Bein og Sìnar og Segar og krokutte Nebb og Klo. Men Kvinna elska som ho var skapt til: lik Bylgja som trillar paa det kolblaae Hav i sitt avrunne og uendelege Mynster for all Venleik.

– «Ja, gift dykk, Gutar! men gift dykk med Vit, og fljug ikkje stad og tak dykk ei Kone fyrr de kann føde henne; for daa gjeng det gali, som me jamt ser. For Kvinna vil med all sin Elskhug hava Mat, og det hev ho Rett i.»

Han sagde mangt om Elskhug og Mat, som Daniel fann lite poetiskt. Men kvar Gong han skulde til aa forarge seg yvi dette, kom det ein Sleng i Tala som gjorde at han maatte læ. Og han lo og klappa som alle dei andre.

Tala slutta med eit Par Vers um, at Kvinna med alt anna godt attaat var fager, og at det var det beste ved henne. Og med ein Gong gløymde Dølen sin Visdom um Aandsmennar som skulde vera Sveinkallar; Enden vart at Tankens Mann nettupp burde hava den fagraste Gjenta. Og so vilde han drikke ei Skaal for Kvinna; og den Skaali vilde han serlig drikke med alle deim her i Lage, som hadde ein Kjærest, so sant som daa Kjærasten og Kjærleiken var noko tess. Russen jubla til dette og drakk; Dølen dukka ned av Talarstolen og skeivla burtetter til det Borde der han sat med Kammeratane sine.

Dit burtetter søkte Daniel au. Han vilde høyre meir av denne folkelege Vismannen og Skalden.

Og Dølen var i Drøselag. Uppglødd og glad etter Tala og Samtykke tok han seg en Slurk Puns og gav seg til aa preike paa nytt Lag, for Felagane sine og kven som vilde høyre.

Ja, den Kvinna og den Maten, tok han i. Men det kom seg av, at Kvinna hadde mindre Daning enn me; for visste ho lite meir, so vilde ho forstaa, at det var ikkje sant det med den Maten. For det var ikkje sant; han hadde mang ein Gong livt sine beste Stundir dei Dagane naar han ikkje hadde fengi Middagsmat. Dette Matstræve som var so uppe no, det tyngde ned heile Live vaart; ja var det ikkje denne Matmagti og dette Guanokratie, som me laut slaast med i sjølve Politiken? Alt gjekk ut um Maten; den var beste Mannen som kunde skaffe mest Guano. Heile �mbættsverke vart meir og meir slikt eit Guanobruk, der det ikkje spurdest um Aand og Tanke, men um aa tena godt, og gjera Pengar utav Kunskapen sin, liksom Per Degn gjorde Mynt av den Latinen som han elles ikkje kunde. Sjølve Studie vart eit Handverk; det galdt aa «koma i Veg». Herregud, lìva maatte me; han var jamvel sjølv Fesjaa-Diktar; men det var fælt aa høyre lærde Folk tala um all denne Maten. Dei brydde seg Fanden um Folk og Land; dei tok sitt Yrkje som ein annan Handel; i Staden for aa vera Folkeførarar klippte dei Navlestrengen av millom Folke og seg, stengde seg inne i sine Kontorbaasar og vart Byrokrati. Og so kom heile Rikslive inn i den same Aandløysa. Det vart denne utvertes Nytta, som ein kann taka paa med Nevane; desse «materielle Fremskridt» med Jarnvegar og Nautemøte; heile denne «Læstedrægtigheit», som ein Skipper kalla vaart sanne nasjonale; kort, det vart dette engelske Stell med Kjøtmaskinar og Undervurdering av det ideelle. Det gjekk so vidt, at dei ikkje lenger lika framifraa gode Hovud i Riksverke; desse «Helvites Genier» gjorde berre Ugagn.

No lagde ein av dei andre seg inn i Samrøda – Daniel lika elles ikkje dei Karane; dei saag so høgvise og aandsaristokratiske ut –: «naa,» sagde Mannen; «dei turkar no meir og meir inn og, dei gamle ægte Byrokratarne. Daa er det annan Merg i desse breidvaksne, kjakesterke Bondegutane …»

Dølen hogg seg inn att. «Ja,» sagde han, «Kulturen gjer Folk fagre og ædle, men veike og visne, og so maa det sistpaa Hunar og Vandalir inn ifraa Asia til aa friske upp det tunne Blod. Men me tek ikkje vaare Vandalir fraa Asia; me tek dei fraa Bondebygdi; difor gjeng ikkje Samfunde vaart under i denne Prosess, men yngjer seg sjølv uppatt, liksom Saturnus som aat sine eigne Born. Og me vil alltid hava Villmennar til aa friske upp Samfundsblode vaart med, so lengi me hev desse Bøndar og Husmennar, som liver av Bustegraut og ult Flesk og kliv i alle dei Bakkar og Berg som til er og vel so det, og syg i seg ei Luft som er so sterk, at um dei trolla ein Bymann like fraa Gata og der upp, so vilde han kovne, liksom Musi i den Glasklokka som var fyllt med berre Surstoff.»

Dølen drakk or Glase sitt og tok snøgt til Ords att:

«Ja, det er fagre Gutar desse Byfolk, med slike aandfulle Andlit, at du kunde hugleggje deim eller paa Tysk forlibe deg i deim. Men um tie Aar vil alle desse gjentefine Aasyn vera so turre som Bork paa Tre; kvar nokorlunde begava Katt vil sjaa meir aandfull ut enn dei; og slitne og sure vert dei, og graae av all Papirdumba og alt Matstræve; og Skjegg fær dei so dei tidt ser ut som gamle Hønsehaukar med Nosi som ein stor, krokutt Nebb og Haare som fallande Fjør. Det er med deim som med Hunden og andre Dyr, at dei ser mest aandfulle ut, naar dei er unge; sjølve Naute ser aandrikt ut naar det er Kalv.»

Ein ny Talar var komin upp; i Fyrstningi var han so veikmælt at Fleirtale brydde seg ikkje um han. Men no vaks Karen, og Mæle hans med; Daniel snudde seg og vilde sjaa kven dette var; Gud hjelpe oss! – det var Jens Rud. Ein fraa Fabriken! Kunde det gaa godt …Daniel vart reint uroleg. Men Jens klara seg; og Daniel kjende sig kaut; me var ikkje reint burte me Fabrik-Studentar heller! – Jens Rud tala for den Studenten som var «Folkets Søn»; han var den sanne og sjølvskrivne Beraren av «Folkets Sak»; og der var Meining i det han sagde; han fekk og sagt nokre varme og fagre Ord um den norske Skalden me hadde fengi helsa paa her i Kveld. Sterk Klapping. Skaali si vilde Jens serleg tøme for dei Studentane som var gjenge fram av det aalmenne Folke; dei hadde fyrst og fremst den Fyrilogo aa vera Folke-Upplysarar og Folkeførarar, av di dei kjende Folke best; – «Skaal for Bondestudentane!»

Heile Salen klappa; det var baade fagert og forunderlegt. Daniel vart aalvorsam. Han mintest sine gamle Draumar; og det var som han jamsides Jens Rud saag ein annan Mann stige fram, ein Mann som han i lange Tidir hadde altfor mykje gløymt: Kapellan Hirsch.

Ja! han vilde vera Berar av Folkets Sak. Han vilde vera ideal Student; han vilde arbeide for Tankar og Aand; Og matstræve vilde han alle Dagar hata. Aa, at han ikkje var rik!

Rundt om i Salen surra og dura det som fyrr; ender og Gong steig eit Rop, ein Laatt, ein Songstubb, og døydde i Tobaksrøyken. Daniel kjende seg trøytt. Han vilde ikkje vera inn-i alt dette Sumle lenger. Ut i Hagen og suge frisk Luft, og drøyme store Draumar!

Daa han kom ut, fann han Hans Haugum og fleire andre, derimillom Ortvedt, Sven Dufva og ein ukjend, sitjande ved eit lite Bord under eit Tre. Han gjekk burt-til. «Aah! er det du?» sagde Haugum; «ver so god! her er Plass. og eit Glas Øl med, um du vil.» Daniel takka og sette seg; sant aa segja skulde eit Glas Øl gjera godt no. Haugum sende Sven Dufva av Stad etter eit Glas; so førde han «Studiosus Braut» fram for den ukjende, Kandidat Meier; tok so upp Traaden i Samtala att. – «Nei,» sagde han til Meier, «det er nok ikkje det , som er Meiningi. Endre Storr er ein Mann med baade god Vilje og gode Tankar; men han trur at her er for lite økonomisk Grunnlag for eit rett Aandsliv her i Lande; og so vil han at Folk skal leggje seg etter det fyrst og fremst.» «Ja, men det kallar eg Materialisme,» sagde Kandidat Meier – «denne Trui paa, at det økonomiske er det fyrste i Live.» Han tala seint og rolegt; Ordi kom, eit i Senn, med Vegt og med Tyngd. Haugum tagna eit Grand, men arbeidde seg upp att; «Ja; der er alltid noko i det, men –; men det er vel ikkje sagt, at um ein held det materielle for Grunnlage , – at ein difor held det for det fyrste ?» – Kandidat Meier lét ein høg Smil lyse upp i sitt aalvorsame Andlit, som innringa av det svære myrke Haare syntest ei Apostel-Aasyn; og han sagde: «lat oss først søke Aanden og dens Liv, so skal alt annet lægges til for oss!» No forstod Daniel, at Kandidat Meier var ein stor Mann, og daa han i det same saag Sven Dufva koma ruslande med baade Glas og Flaske, vart han modig; han dunka i Borde og sagde: «det var eit sant Ord!»

Haugum stirde forundra paa Læreguten sin, som paa denne Maaten sette upp; men han freista aa forsvara Endre Storr endaa. Han fekk det ikkje rett til; Daniel høyrde med løynleg Glede, at Haugum meir laag under for Meiers sterke Tru og vegtige Ord. Men underleg nok: Haugum gav seg ikkje.

Øle smaka svalande godt; Daniel kjende seg so frisk og sterk. Han vilde nettupp til aa fortelja um Jens Rud og hans Tale; men so tok Kandidat Meier til aa tala um «Aandsmannen Hirsch». «Ja kor gjeng det med den Greida?» spurde Haugum. «Aa; det gjeng med Hirsch som med andre Aandsmennar i dette Lande; han vert forfylgd av Aandløysa ovanfraa og av Faakunna nedanfraa; og daa han ikkje gjev seg, so er det berre eit Spursmaal um Tid, naar han vert nøydd til aa taka Avskil.»

«Ka … Kapellan Hirsch?» spurde Daniel med uppspilte Augo. «Han er Kapellan enno, ja,» svara Meier. «Ja, men … kva hev han gjort?» «Aa,» kasta Haugum inn, «han er komin i Strid med Pietistane der uppe um den rette Formi for Daapsorde.» Daniel var baade forundra og forstøkt; men etterkvart som han høyrde paa Samrøda koka Punsen og Sinne upp i han; han slo i Borde so det song: «den Jøtunyngelen!» – Meier smilte apostolisk og sagde: «sant nok; det er Lokes Ætt.» Noko etter reis han upp og gjekk inn i Salen; han vilde høyre kva Ungdomen rødde um naar han var full, sagde han.

Haugum fortalde um Folkehøgskuletanken, som tok til aa gro; millom anna nemnde han, at Meier vilde bli Folkehugskulelærar. «Altsaa en bra Mann!» ropa Daniel med ein Dunk i Borde. «Var det ikkje det eg saag? Eg skal mest alltid sjaa utanpaa ein Mann kva han duger til … « – «Men den Endre Storr, Haugum, kven er det?» spurde Bragestad med eit stort, hastande Mæle, liksom han var bljug for aa blande seg inn i Samtala. «Det er Husverten min,» sagde Haugum. «Ein rik Dævel av ein Grosserar,» slengde Ortvedt inn, liksom vaknande; «den Haugum held seg alltid til dei store, han, Filuren!» «Eg hev komi til aa bu hjaa han,» heldt Haugum fram, «av di eg kjende Kona hans.» « Sss! no vert det leidt her!» kviskra Ortvedt; «hi-hi-hi!» lo Daniel; Sven Dufva klunka i djupe Tonar ein godsleg Laatt;» det vil segja, eg kjende Mor til Kona hans,» lagde Haugum til. «Ja Fanden tru!» sagde Ortvedt; Daniel, som ikkje torde segja «Fanden», sagde «Skam tru».

Dei sat og skjemta ei Stund um ingin Ting; med ein Gong tok Daniel uppatt Emne um Endre Storr. Meier hadde havt Rett i det han sagde um den Mannen; Haugum kunde segja kva han vilde. Daniel hadde lesi nokre lange Stykke som Storr hadde skrivi i «Den gode Borger»; dei handla um Gjødsel og Guano og var det aandlausaste han hadde lesi. Det var dette Guanokratie – denne «Læstedrægtighed», som Skiprane sagde, heile dette engelske Væsen med Kjøtmaskinar og Matstræv …. Daniel vart so ordhag at Haugum kjende han kje att. Men , meinte Daniel, det var nettupp dette Kjøtvæsen me skulde slaast imot! Me var Aandens vigde Prestar, som Professoren hadde sagt; me var Sønir av Folke og Berarar av den store Folkesak; og me maatte vera paa Vakt mot slike som denne Endre Storr. For Matstræv var her nok av i Lande. Folk brydde seg ikkje um det som var stort og fagert og høgt paa Jordi; dei berre laag og stræva etter det som gav i Gryta og fyllte i Pungen; ikkje Sans eller Syn for sant Menneskjeliv; det aandlause Matstræv laag som ein Trolldom yvi Lande; Folke maatte bli vakt; det maatte Aand inn i Live, Aand, Tankar, Poesi … Kandidat Meier var ein bra Kar; han vilde vera Folkehøgskulelærar; og det burde me bli alle ihop; men ein Prest kunde og gjera mykje godt; Kapellan Hirsch som hadde vori hans Lærar … det var … det var … ein framifraa Mann; «hadde ikkje han vori, so hadde ikkje eg sìti her!» Daniel mest grét av Øl og kjærlege Tankar; Haugum hadde aldri visst at der var so mykje Eld i Guten. Og han tenkte paa kor sant det daa i Grunnen var, at under den kalde Bondehamen banka tidt dei varmaste Hjarto. –

Daniel var modig som ein Akilles; slo i Borde med Ølglase og sagde «Skaal! – En Skaal, mine Herrer! for Kapellan Hirsch og alle som er liksom han, og som vil være med paa aa løse det norske Folk or Trolldomen! Skaal!» – «Ja, den Skaali kan me nok drikke,» meinte Haugum; og Daniel høyrde med djup Glede, at Sven Dufva for seg sjølv sagde «Bravo».

– «Og nok en Skaal for dig min Ven! og for de norske Piger!»

song dei inne i Salen i villt Kor; no hadde Elskhugen fengi Magti. «Hi-hi-hi! kor glade dei er!» lo Daniel; straks etter tok han i og song med:

«Og nok en Skaal for dig min Ven! og for de norske Piger!»

– den fyrste Lina var til Sven Dufva, som han dunka i Ryggen av Venskap; og den andre var for … ja, denne Gongen tok han Berta Maria med. Og daa han hadde vori so streng mot henne i heile Kveld, so tenkte han paa henne no med so mykje større Mildhug. –

«Ja, – hikk! – for de norske Piger!» sagde han og drakk. «Kvinden maa vi ha med oss … Freya … Freya med sine Gu – hikk! – Gulltaarer … Men!» – skreik han upp, «slike som arbeider for Guano – hikk! -krati – og skriv i «Den gode Borger» … det skal vi ikke ha – hikk! – ha noget av. Hi-hi-hikk! eg er nok litt gl – hikk, litt glad i Kveld; men … hi-hikk! det gjør ingenting … Mine Herrer! Skaal for – hikk! – Skaal for – hikk! – Skaal for de norske Piger!» –

– Haugum og Sven Dufva hadde ikkje lite Stræv den Natti, fyrr dei fekk Daniel Braut heim.

VI.

Daniel hadde høyrt at Yvihøyringsprøva skulde vera lett; men daa det bar til, fekk han anna finne.

Han var laakt fyribudd; hadde havt for mange Skular og Skulemeistrar. Og dei hadde arbeidt kvar paa sin Maate. No stod han der med Hovude fullt av ymist og altslag i Ruve og Røys; sùmt var ferdugt og sùmt halvferdugt; der var ikkje Samanheng i nokon Ting.

So var der ikkje anna aa gjera enn aa «pugg-lesa». Det galdt Live no. Dei som hadde hjelpt han fram venta at han skulde klara seg. Og gjorde han ikkje det, so vilde alle Vegar stengjast. Det ein ikkje kunde paa annan Maate, fekk ein daa kunna paa Pugg; sidan, naar ein vart Student, fekk ein taka det heile uppatt fraa Grunnen av.

Dag og Natt sat Daniel upp i det myrke Lofte sitt og las. Sveitta og las; las so han svimra. Heile Verdi kom burt for han. Han gløymde baade Sol og Jord, baade Heim og Himil; og naar han ein Gong um Dagen var ute og skulde faa seg «Middag», dreiv han gjenom Byen som gjenom ein stor, tom Draum.

Og so ille varmt som det var! August-Soli gjekk gjenom Himilen som ein brennande Eld, og Lufti laag tung og heit som ein Eim yvi Byen. Ute og inne var like fælt.

Vaat um Halsen, kleissen paa Hendane, med tunge Dropar paa den bleike Panna sat han og stræva. Flugur fór og song og surra nerveskjerande inn mot Kinn og Øyro, sette seg paa den vaate varnæme Hudi so det bivra i Holde, flaug og kom att, snurra ikring han nærare og nærare, støytte inn mot Nosi, Øyro, Skallen hans med sin ævelege Surr og sine priklande smaae Kløar; han sveita av Møde, fikta ikring seg endelaust og faafengt, drap deim naar dei heldt Bryllaup i Haare hans, men var like nære; og so las han. Men naar han utasa og utmødd lagde seg og skulde sova, so var det same Naudi; han laag og vreid seg i kvævne Halvdraumar og kava med det Flugu-Helvite som aldri fekk Ende.

Det var ikkje stort svalare um Natti enn um Dagen. Naar August-Soli fraa Morgon til Kveld hadde steikt Taksteinane yvi Hovude hans, var dei som gloande Jarn; og det laage Loftsrome heldt seg døynende badstugu-heitt til langt ut paa Morgonsida. Og aldri surra Flugudansen galnare enn um Natti.

Men ute i fri Luft kunde han ikkje lesa. Det var so mangt som lokka Augo og Tankar der; han sat og glodde paa Tre og Blomar og drøymde um Berta Maria og Inga Holm og altslags Tøv, og gløymde heile Eksamen. Lufti var fyllt med dirrande Blenkjing, med Laat og Ljom og alle Slags Liv; Eksamenstankane døyddde i den som Smaatroll i Sol; han var nøydd til aa stengje seg inne.

So sat han der innestengd; stræva og las; røykte, drakk Vatn og misste Mathugen. Dag for Dag kjende han seg armare; Dag for Dag maatte han stive seg upp paa nytt. Og di meir han las, di meir hadde han att aa lesa, totte han.

Ein Dag raaka han Sven Dufva paa Gata og jamra si Naud for honom. Sven Dufva sagde at den beste Raadi var aa drikke Kinavin. «Den brukar eg,» sagde Sven Dufva; «og den baade kveikjer og styrkjer.» So kaupte Daniel Kinavin. Og naar han vart altfor trøytt og arm, drakk han av den og totte han vart betre.

Det vart ein lang Strid. Var ein ferdig med eitt Fag og hadde lese seg mest trotin paa det, so kom næste Fage, som var likso vrangt; og i Selen att laut ein. Det røynte for Aalvor paa Helsa no; um Natti, naar Daniel laag og ikkje fekk sova, av di Hovude verkte og Flugune surra og alle dei grammatikalske Reglane dansa i Hausen og banka og hamra som «Timbremennar» etter ein Rus, daa kunde det hende at Guten flaug upp i skjelvande Rædsle og trudde han skulde bli galin.

Og han som hadde vori so glad paa Russedagen, og trutt at det verste var yvi daa! Han hadde ikkje visst kva som fyristod. Og han hadde ikkje visst, at Russelage var for den sanne Russen, men ikkje for slike som braut seg inn i det akademiske Rike Fabrikvegen.

Den sanne Russen, som var av paalitelegt Folk, og som hadde sovi seg fram gjenom ein paaliteleg Latinskule, han slapp igjenom det munnlege nokorlunde lett; for baade maatte ein gaa ut ifraa at slike Gutar hadde lært det dei skulde, og dessutan var det i Grunnen det skriftlege det spurdest um i dette Lande. Men Fabrik-Russen hadde Universitete ein naturleg Mistanke til. Det var Folk med ukjende Namn, Folk, som tidt saag svært lite akademiske ut, og som dessutan kom stormande inn i dei heilage Hallir som Tjuvar og Røvarar gjenom ein galin Port; slike Karar maatte ein sjaa paa Tennane. Kamelar var det, som skulde gjenom Naaleauga; og mange «strauk», vann seg ikkje igjenom, anten dei no var Kamelar, eller um Naaleauga stundom vart altfor trongt. Meir enn ein Gong hende det, at det etter Eksamen kom Bòd til «Gamlen» fraa Universitete, at han hadde tapt sin «Demissjonsrett»; altfor mange av Gutane fraa Skulen hans var «strokne». Men daa kunde det òg hende, at Gamlen paa ein svært tydeleg Maate viste Bòdberaren, at sin «Demissjonsrett» hadde han ikkje tapt, kor det no kunde vera med Dimissjonsretten.

Fabrik-Russen, og Daniel med dei andre, vart bleikare um Nebben for kvar Dag som gjekk. Og den eine etter den andre vart sjuk og lagde seg etter, ein i den Bakken og ein i hin, liksom trotne Soldatar paa ein Feltmars. Men Fabrik-Gutane hadde ikkje Lov til aa vera sjuke heller; det var ingin som trudde paa Sjukdomane deira. Professorane drog paa Akslom; Russen lo; «han er sjuk i Matematik», sagde dei; «han hev vondt i Græsken». Og i «Den gode Borger» stod der meinsløge Stykke um kor rart det var, at det nettupp skulde vera Fabrik-Russen som var so sjukleg i Eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg rett godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke. Daniel tenkte sterkt paa aa melde seg sjuk, han med. Men so raaka han Sven Dufva ein Dag. Han var svært bleik, Svein, og dei store rædde Gaselle-Augo stod i Hausen hans kvite og stive som Klinkenaglar. «Men Herre Gud, De er ikkje frisk?» sagde Daniel forstøkt. Sven Dufva riste paa Hovude. «De maa til Doktoren og faa Attest!» heldt Daniel fram. Daa stirde Sven Dufva paa Daniel, og ein raud Skugge lagde seg yvi Andlite hans. «Nei!» sagde han med sitt Bassun-Maal; «det gjer eg aldri!» Og daa Daniel vilde vita Grunnen til dette sagde Sven: «det skal ikkje De heller gjera. Dei trur oss ikkje!» Den raude Skuggen kom sterkare att og vart liggjande.

Daniel forstod Guten og vart skamfull; Sven Dufva hadde Rett. Haugum sagde sidan det same; kunde dessutan fortelja, at den som lagde seg sjuk vart sidan strengare yvihøyrd; det var daa best aa halde ut, so sant ein kunde. Daniel drog ein tung Sukk og sagde at han fekk freiste aa halde ut daa.

Og han heldt ut. Men paa Slutten kunde han ikkje lesa. Naar han sette seg til med Boki, so berre svimra det for han. Ikkje torde han taka Kinavin heller lenger; Haugum hadde sagt at det var faarlegt.

So fekk det staa til. Han hadde i det siste havt ei Von um aa faa Laud; han hadde gjort det godt i fleire Fag, og i Historie og Geografi vilde han hava 1, 1. Men no fekk den Voni fara. Naar han ikkje fekk lesa paa Fransk og Tysk, so kom dei Fagi til aa øydeleggje Laud'en hans i alle Tilfelle.

Forunderleg nok gjekk det godt i Tysk og Fransk. Og no var han trygg paa Laud. Han gjekk og hugga seg med aa tenkje paa, kor glade dei skulde bli, dei som hadde hjelpt han fram, og kor staut det vilde vera aa kunna skrive til Inga Holm: «Student med beste Karakter». Men so gjekk det gali i Historie og Geografi, – dei einaste Fagi han kunde. Til Yvihøyrar fekk han ein gamall Vrangpeis, som spurde um alle Slags Ting som ikkje stod i Boki, og spurde paa slik ein underleg og urimeleg Maate; og til Domsmann fekk han sin gamle Historielærar fraa Latinskulen, Robert Djevelen. Dette siste var det iser, som gjorde Guten fortumla. Robert Djevelen var han rædd; og daa so Yvihøyraren gav seg til aa vera vrang, kom Daniel reint utav det. Han svara burti Hytt og Vêr og stod stundom heilt fast; og Enden vart, at han fekk 3, 3 istadenfor 1, 1; dermed var Laud'en sprungin.

Han kunde ikkje forstaa slikt! Det var ei Rangvise so yvi all Maate! Vera so nære Laud, og so ikkje faa det; og falle paa dei Fagi han kunde best! Kunde Vaarherre tillata slikt? – Han stod lengi utanfor Døri; venta halvt um halvt at Professoren skulde koma ut og segja at det var eit Mistak; slikt kunde ikkje bera til; vel hadde han gjort det mindre godt i Dag; men Censor – Censor visste, at han kunde Historie; og Vorherre vilde hjelpe til; der var daa vel Rettvise i Verdi! Skulde ein Mann lide Skade paa kanskje heile si Framtid, berre ein gamall Surpose av ein Professor var i Ulag? Det kunde ikkje bera til; det kunde ikkje!

Men Daniel fekk sjaa at det kunde. Yvihøyrar og Domsmann kom ut – og gjekk sin Veg. Dei saag ikkje paa han ein Gong. Dei syntest hava det beste Samvit. Og Robert Djevelen gjekk og smiska for Professoren, smiska og smilte seg blid, flikreblid …

Daa koka det upp i Daniel eit etande Sinne, og han sagde «Fanden» for fyrste Gong i si Tid.

Heimyvi rusla han; harma seg sjuk. Han skulde havt Laud! Hadde det i Grunnen! men fekk det ikkje. Hadde han berre ikkje vori so nære ved! Og hadde ikkje Historie og Geografi vori hans beste Fag! At slikt kunde hende! No skulde han gaa i heile sitt Liv og hava Haud til Artium, og det berre av di … i Grunnen av di han hadde havt Robert Djevelen til Domsmann.

Han slengde Bøkane i femte Veggen og sparka etter deim. So sette han seg trøytt og leid ned paa ein Stol og seig burt i myrke Tankar.

Rett som han sat, trappa han i Golve. Han kunde ikkje koma ifraa dette harmfulle Minne. So nære Laud. Og so ikkje faa det. Hm. Her sat han. Var ferdug. Ferdug med Eksamen. Var Student. Denne Dagen hadde han lengta etter so lengi og so saart. No var Dagen komin. Men han tenkte ikkje paa aa vera glad. Harm, arg, leid var han.

Han gjekk ut; ein fekk sjaa aa finne Folk. Finne einkvarr aa tala med. Men han fann ingin. Dei hadde vel kvan nok med seg og sitt.

Ei tung Modløyse tok Guten. Han var so aaleine. Kammeratar hadde han, men ingin Vén. Ikkje Berta Maria dessmeir brydde seg um han; hadde ho det gjort, so hadde ho ikkje vori so mykje ute um Sundagskveldane. Han var Fatikmanns Son og hadde Fatikmanns Lykke. Og naar det leid av ei Stund, so kanskje han svalt ihel. Eller maatte paa Arbeid.

Han hadde skrìvi til Jens i Larsebakken etter eit Tillegslaan paa 100 Dalar «for at kunne tage Anden-Eksamen i en Fart»; og han hadde tydeleg vist, at det vilde vera til Bate for Jens sjølv, dette. Men vilde den Moldtrælen forstaa det?

Og han som hadde tenkt aa bêle til Inga Holm, naar han vart Student! Aa jau. Ein Student med Haud. Og utan Pengar. Det skulde bli Friar, det! Daa kunde Hønsi paa Klokkargarden gjerne kakle og gjera Narr av han. Og daa var det vandt um gamle Klokkar Holm baud han med seg til Middags.

Dei gamle hadde sagt, at Fatikdom var Synd. Det var ei diger Lygn. Fatikdom var Ulykke. Den verste og tyngste Ulykka paa Jordi. –

«Goddag, Braut!» sagde Aslak Fjordan; «oh-oh! du gjeng ikkje fort, du!» Daniel skvatt upp: «Goddag, goddag!» – og dei kom i Samtale. Aslak skulde upp til Student Hærland og faa «slaa i seg det grøvste av Syntaksissen», sagde han; det var slik ein Traavar i Latin, den Hærland'en. Og i Morgo skulde Aslak upp i Latin, men kunde oh-oh-oh! – kunde, forsyne seg, ikkje det Grand. Huff; fæl Bask, dette. I Græsk hadde han vori sjuk, som dei andre Non'istane; og i Aritmetik hadde han 6, so han maatte «kontinuere»; det gjekk vel helst til Dunders med heile Svarvestolen.

Uheppin hadde han vori fra fyrst til sist, og vori ute for alt Slag Fanteskap av Professorane. «Ja enn eg daa? sagde Daniel. «Hoh-oh-oh! men i eit Fag var eg heppin,» heldt Aslak fram, «og det var i Historie!» – «Just der var eg … « – Hoh-oh-oh! ein skulde aldri høyre slikt! Aslak hadde slegi upp – reint blindt – tri Stadir i Heimssogo, og lært deim; og meir Historie kunde ikkje han; daa han so kom upp, fekk han – plent desse Stykki; han hadde fengi 1 i Historie, hadde ikkje den Tullebukken den Professoren komi toskande med den franske Revolusjonen. No fekk han 2; men den Tvoa kom kanskje endaa til aa berge Eksamen for han.

Aslak lo og fortalde so han kom i Godlag; Daniel kunde sistpaa ikkje sture lenger han heller. Han fortalde um si eigi Sogu-Prøve; og det letta svært aa faa lagt sin Vanlagnad fram. I det heile var det godt aa raake Folk for den, som hadde vore so lengje boktekin. Den Tyngdi han hadde kjendt som ei Klemming yvi baade Heile og Bringe, den losna og letta som Skodd yvi Skogen.

Daa Aslak fyrst var komin paa Lòs, hadde han ei Mengd med Eksamenssogur; og Daniel høyrde paa deim og vart modig; det var deim som hadde klara seg laakare enn han. Sidan rusla han aaleine ut-etter Vegen og var ikkje verst i Lag. Det var likevel ein god Ting aa vera ferdug. Og hadde det ikkje gjengi godt, so kunde det ha gjengi verre, fekk han trøyste seg med.

Her ute var fritt og fagert. Augustlufti laag fin og blaa yvi Eng og Skog, tindrande rein; det var so klaart, at ein kunde skilja Trætoppane lang uppe mot Himilsyni. Akersbygdi laag bleiknande og ven med sine Aakrar og Kjelvur millom Lundar og linne Bakkedrag; lengst nede glima Fjorden innunder Oskarshall, kvit i den sterke Solglimen. Men Fjellgarden i Vest drog seg i mjuke, fine Bylgjedrag gjenom den solklaare Lufti som yndefull, kraftig Plastik.

Daniel saag at dette var vent; han hadde vori so lengi fraa det. Og Lufti her ute var som Vin, ho gav sin Mann Mod; – skulde han endaa vaage seg til aa sende Friarbrev? Eller skulde han drygje til han hadde Andre-Eksamen?

Ein sann Student burde vera trulova. Og det var vondt aa vera so aaleine i Verdi. Ingin var sæl, utan han aatte eit trufast Hjarta som med kjærlege Tankar kunde fylgje han i hans Strid. Berta Maria, stakkar, ho var snild og god; men ho var berre Tenestgjente. Det var Ideale ein maatte naa. Han kom sistpaa til Lags med seg sjølv um, at dersom Jens i Larsebakken sende Pengar, so vilde han frie; men elles fekk det vera til etter Andre-Eksamen.

Han skulde til aa sige ned i sine Pengesorgir att, men hugsa so at ein sann Student burde ikkje tenkje paa Pengar. Det var poetiskt aa vera fatig; ein sann Student skulde lìva for Ideen og lata Kræmarar og Bøndar syte for Mynt og Mat.

I det heile: han fekk hugse at han var Student! – og ikkje gaa her og innbille seg at han var Skulegut og Bonde enno! Drøyme um sine Framtids-Vonir skulde han; um det Arbeide han vilde gjera ein Gong; det som gjorde Studenterlive idealt, det var dei store Draumane.

Kapellan Hirsch var det, han sistpaa kunde takke for alt; og han maatte ikkje koma til aa trega paa det han hadde gjort, denne gjæve Mannen. Og Haugum, og Rud, og dei andre gilde Gutane, dei skulde faa sjaa, at Matstr-Materialist var Daniel Braut ikkje.

Naar rett var skulde han bli Folkehøgskulelærar som Meier og Massmann. Naa; det dugde han vel ikkje til. Men so fekk han bli ein Prest av same Slage som Hirsch, – so godt som han kunde.

Med ein Gong hugsa han, at han hadde gløymt aa tinge seg Duskelue. Daa snudde han og gjekk til Byen att so snøgt han kunde. Det var best aa vera trygg. Enno kjende han seg ikkje rett Student. Og ikkje saag han ut som Student heller. Men naar han fekk Duskeluva, og so Borgarbreve, so skulde vel det greide seg. –

– Immatrikuleringsdagen kom.

Daniel Braut drog paa seg sine svarte Klæde og sette høgtidsamt Duskeluva paa Hovude sitt. No var han Student. Med bankande Hjarta gjekk han framfor Spegilen. No hadde han naatt sitt store Maal; no vilde han sjaa seg sjølv. Han venta aa faa sjaa eit Hamskifte.

Duskeluva sat ikkje rett; han drog ho meir ned mot det eine Øyra. Men endaa sat ho ikkje rett. Han drog ho ned mot det andre Øyra. Men det hjelpte kje heller. So sette han ho midt paa Skolten; – like nære. Han freista paa all Vis; sette ho lenger bak, eller lenger fram, lite meir paa Skakke, lite mindre paa Skakke; det nytta ikkje. Det var som Duskeluva ikkje vilde høve aat hans Hovud.

Daniel kolna der han stod. Han freista paa nytt; lagde Dusken bak; lagde Dusken fram; lagde Dusken midt paa Aksli; nei. Det vart ikkje den rette Svingen. Og Frakken, – Frakken sat, som alle Frakkane hans hadde sìti. Han saag ikkje ut som Student. Han var ikkje Student. Han var ein forklædd Bonde.

Bleik og motfallin stod han og glodde paa seg sjølv i Spegilen. Han totte han vart seg sjølv so framand. Det breide godslege Andlite hadde vorti langt og magert. Munnen saag styvin ut; og Augo, som ein Gong hadde vori so blanke, hadde krympa seg ihop og vorti raudsprengde og dauv-vorne. Men Aksline var gruve; han saag liksom nedtyngd ut; laut rette seg upp naar han vilde naa si Høgd; annarleis hadde han set ut i sine Studenterdraumar. Naa; det laga seg vel. Men kald um Hjarta rusla han til Universitete etter det akademiske Borgarbreve, som han no skýna ikkje heller kunde gjera Underverk.

Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei unge Bystudentane, som kom strjukande fine og lette som Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og fjongt som ho skulde vera støypt til deim, daa kjende han seg framand i dette Lage. Han hadde berre ei Trøyst, og den var skral: dei andre Bondestudentane tok seg for det meste ikkje stort betre ut enn han med Duskeluva.

Festsalen var full av svartklædde, bringekvite fine Herrar. Det var so det stod svalt av all denne Galla. Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte han kom som ubedin Mann til Gjestebods; det kom for han, at dei fine Herrane saag med Uhug paa Bondeguten som vilde trengje seg inn i deira Lag. Med det same han hadde sett seg byrja Festsongen; det ljoma so vent i den høge Halli. So modigt; so fast; so trygt. Daniel styrktest. Han sagde til seg sjølv: du hev Rett til aa vera med; du er Student!

Det fekk vera som det kunde med Duskeluva; godt var det aa ha berga seg fraa Aandløysa og Raaskapen der ute og hit inn i desse reine, rolege Hallir millom Ideens Presteskap. «Helligt, helligt, helligt er Studentens Kald!» tona det fraa Songarlage i klaare, store Harmoniar, og Daniel song i sitt Hjarta med. Han lyfte aahugsamt sine Augo upp mot Takfrisa; der saag han Gudane, dei gamle klassiske Gudane, staa og tenkje og grunde, støypte i Gips.

Det var professor Darre som heldt Tala. Han lagde ut um, at Vitskapen hadde sitt Maal i seg sjølv. Sistpaa kom det eit Par av Tankane fraa Russetalen; so slutta Professoren med ei Lovprisning av det ideale Studenterliv.

Daniel høyrde paa Visdomens Ord med djup og hjarteleg Vyrdnad. Han totte det var so sant og so godt. Men daa Professoren kom til det ideale Studenterliv, tenkte han med seg sjølv: gjev Jens i Larsebakken vilde sende Pengar.

So skulde dei nyfødde Aands-Adelsmennane fram og faa sine Borgarbrev og gjeva Lovnaden. Det vart ei lang Mynstring. Dei fleste var Bystudentar, Folk med store plattyske Namn, og med dette serskilde fine Lag, som Daniel hadde undra seg yvi i alle sine Dagar. Men ender og daa kom det trampande ein homo novus , ein Aslaksen eller ein Bragestad; og Daniel saag med veksande Uro, kor lett det mest alltid var aa kjenne deim fraa dei andre. Dei hadde ikkje Svingen. Brevi sine tok dei imot med stive keivhendte Tak og innbillte seg at dei bukka, men det vart berre ein Rykk i Nakken; andre tverbøygde seg som dei skulde gaa av paa Mìden. Daniel vart mindre og mindre der han sat. Og no skulde han fram. «Herr Daniel Olsen Braut.» – Han dukka upp; steig fram so godt han kunde; samla ikkje klaart; Salen laag som i Skodd og Susing, og endaa var det so uhyggjeleg stillt. Kvite Kragar og Andlit Lyste utydeleg fram or Skodda liksom store tome Augo; i ein Benkekant snaava han; det gav eit Brak; so steig han tvo Stig fram paa Tærne; fekk Tak i Breve; innbillte seg at han bukka, men det vart berre ein Rykk i Nakken; – og so attende til Plassen sin, sveitt, men glad fordi det var yvistridt; det varde ei Stund fyrr han torde sjaa up att.

Han tok til aa tenkje, der han sat. Hugsa Dølen og hans Hunar og Vandalir; der var visst meir i det enn Dølen hadde visst. Naar ein av dei plattyske kom, var det som det skulde vera eit anna Folkeslag. Det var ikkje sagt at dei var fagre; det var ikkje sagt at dei førde seg godt dessmeir; dei kunde vera stygge som Arvesyndi og keivelege som Trehestar, – og likevel! Likevel saag ein, at dei var «Herrar». Dei hadde i all si Ferd noko trygt og sjølvbyrgt; dei hadde det som Horats kalla frons urbana ; og naar alt kom ihop, so var visst det det sanne Daningsmerke. Var dei fødde med det? Var det noko som ein maatte vera fødd med? Var det ikkje sant at alle av Natturi var like, og at det ædle og høge føddest likso ofte i Hytte som i Borg? Skulde Vaarherre ha stelt det so, at dei som var fødde i Rikdom fekk alt godt, men dei som var fødde i Armod laut bera Merke av det alle sine Dagar?

Daniel vilde ikkje tru det. Vaarherre var rettvis; alle var like fraa hans Hand. Den skilnaden som var, den kom av at Folk vaks upp under ulike Vilkaar; og den kunde jamne seg med Tidi.

Og so hadde Bondegutane Krafti, som Dølen hadde sagt. Som dei her kom stigande aalvorsame og tunge, sume smaa og tettbygde, andre staute og store, saag dei ikkje ulikt ut til «Sønir av Fjelle».

«Helligt, helligt!» ljoma det endaa ein Gong. Daniel hadde vunni yvi sine tunge Tankar; akademisk Borgar var han no, det hadde han Brev paa. Og no vilde han vera glad, so lengi han aatte Mynt.

Han fylgde Haugum til Kafé National; dei vilde «mærke Dagen». Ein heil Flokk hadde samla seg i Kaffistogo; der var det Gilde med Talur og Øl; det ideale Studenterliv byrja no, tenkte Daniel. Og det vart Festtale-Idealitet i Foss og i Flaum. Dei gamle tala for dei unge og dei unge for dei gamle; ein Bystudent tala for Bondestudentane og ein Bondestudent for Bystudentane, det vil segja for dei Bystudentane som hadde Frisyn og Vidsyn nok til aa slaa Lag med Bonden; dertil svara Bystudenten med ein Tale for Bondefolke; Bonden var Fortidi og Bonden var Framtidi; Bonden sat inne med Fedra-Arven, og Bonden sat inne med Framgangstankane; Bonden aatte Lande og Bonden vilde bera det fram. Skaal! Leve! Hurra, Hurra! Daniel drakk Øl og totte det stod godt til. Han hadde ikkje visst at Bonden var slik Kar; men naar ein Bystudent sagde det, og naar Folk som Hans Haugum og Jens Rud samtykte i det, so maatte det vera sant; og daa var det staut aa vera Bonde. Han gjorde seg ein Sving burtum Spegilen og saag, at Duskeluva ikkje sat so ille endaa.

God og mett rusla han heim. I Morgo vilde han skrive Friarbrev. Jens Bakke sende nok Pengar; og sende han ikkje, so vart det vel endaa ei Raad; Verdi var god og glad, og Folk var so snilde. –

– Daa han kom upp paa Hybelen sin, var der reinskura og stelt som til Helg. Stakkars Berta Maria, det hadde visst ho gjort til Ære for Dagen. Berta Maria var snild. Han vilde gjera seg kjend med henne, stakkar; ho hadde vori so bleik i seinare Tid. Bar ho kannhende i Løyndom paa ein Elsk som ho visste var vonlaus?

Tung og trøytt lagde han seg paa Sengi. Han seig av i øltunge Draumar; fyrr han visste Ord av, sov han; og den Natti sov han som ein Hest. Daa han vakna, hadde han vondt i Hovude. Men det høyrde med til det ideale Studenterliv; han fekk finne seg i det. –

– Tunge, ukjende Stig kom stabbande; Døri gjekk upp; eit framandt Kvinnfolk kom inn med Kaffien. Det var eit digert, raudt Gjentebeist, skakkmynt og med Rottetennar; rund var ho i Ryggen og skeiv i Mjødmine; Daniel stirde; kva tydde dette, tru? «Vessgo!» sagde Gjenta. «Aa saa skulde jæ høre om Dere ska ha kjøpt noe i Byn i Da; jæ er den nye Pika.» «Jaso,» sagde Daniel, han var grovmælt etter Øle; «kvar hev det vorti av den gamle?» «Hu? he-he; hu fikk Forfall, som dom sier. Hu er reist.» Daniel kjende seg uhugleg. «Forfall?» sagde han. «Ja-a. Ja dæ er ikke noe som jæ bryr mej om aa snakke om, kan Dere vite; men slik gaar'e, naar e' Pike ikke passer sej! Hu kunde ha holdt sej fra dom Soldaterslaska, vel, og holdt sej orntli, hu som andre Piker! Men d'er 'ke noe for mej aa snakke om da, skjønner Dere.»

Student Braut kom ikkje til aa skrive Friarbrev den Dagen. Han kom ikkje til aa skrive Friarbrev Dagen etter heller. Han kom i det heile ikkje til aa skrive Friarbrev. Derimot sagde han upp Rome sitt og flutte til eit Kot i Fredensborgvegen. Han kunde ikkje halde ut aa bu paa den gamle Hybelen sin lenger; og minst kunde han halde ut aa sjaa paa denne nye Gjenta.

VII.

Fyrilesingane tok til; Skulegutane gjekk og var Studentar.

For Daniel var det til stor Hjelp; det spreidde Tankane. Og minst kunde han her uppe millom all denne ideale Ungdom tenkje paa Berta Maria.

So aandfulle som han hadde tenkt var Fyrilesningane ikkje. Mang ein Gong hadde han kalla deim aandlause, um han hadde tort sagt eller tenkt slikt um so høge Ting. Men det torde han ikkje. Det var sjølvsagt berre han, som ikkje til gagns forstod deim.

Det var det gode her, at ein turvte ikkje lære Leksur. Og vart ikkje yvihøyrd. Ein hadde ikkje anna aa gjera enn aa høyre paa, og skrive «Notater» um ein so syntest; og vilde ein vera burte fraa Fyrilesningane, var det ingin som heldt Rekneskap yvi det. Professorane kjende ikkje Læregutane sine dessmeir; kvar stelte seg som han sjølv vilde. Dette lika Daniel. Men han undrast paa korleis ein skulde lære sine Ting, naar ein ikkje fekk Leksur.

Um Ettermiddagen gjekk han og dreiv med kven han fekk Lag med. Han hadde tenkt aa lesa igjenom paa nytt det han hadde baade lært og ikkje lært i sine Skuledagar; men det fekk vera til sidan. Um Kvelden var han stundom i Teatre. Han lika seg der; mest alt gjekk ut um Kjærleik. Og alt var fagert og idealt. Teatre var som eit Eventyrland midt i Livsens Prosa; der livde det fagre sitt Liv i Fred, avgøymt fraa alt som kunde skiple og skjemme. Der livde Daniel i Sanning idealt, totte han, endaa han laut sitja paa «Tolvskillingen». –

– Jens i Larsebakken sende Pengar. Men den Moldtrælen sende 50 Dalar i Staden for 100, so det galdt aa spara; og Daniel sparde det beste han hadde lært. Det galdt aa faa dei 50 Dalane til aa rekkje so langt som Raad var. Med Tid og Stundir laga det seg vel so han fekk meir.

Den som hadde hjelpt so langt, hjelpte nok lenger. Og no hadde Daniel ei serskilt god Von; for Jens i Larsebakken hadde fortalt, at Bror hans, han Lias, hadde teki Skjerp paa fleire «lovende» Malmgruvur. –

– I Studentersamfunde var han nokre Kveldar og vilde sjaa paa det store Studenterliv. Men det var so høgtidsamt der. Han kom reint burt i denne lange, store Salen, millom all den Mengdi av kaut Ungdom; og han sat og høyrde paa Avis-Upplesingi og Ordskifte so still som i ei Kyrkje. Men Ordskifte gjekk um eit Haustball, som sùme endeleg vilde hava; og det var merkelegt kor kvike dei var til aa rengje um Ordi for kvarandre og redigere kvarandre « in absurdum «. Daniel høyrde med Vyrdnad paa desse store Talarane og tenkte med seg, at slikt kunde ikkje han lære. Men langsamt var her; han sat berre og stunda etter at dei vilde slutte. Endeleg kom Toddyen. Men det var ikkje som i Russelage. Ein maatte sitja so stiv som ein Stake og høyre paa lange Talur; fyrst naar det leid ut paa Natti ei Stund, vart her noko meir Liv. Men naar det leid so langt, so slutta dei.

Dette var vel i Røyndi det ideale Studenterliv? Men ein Kveld sette Aslak Fjordan i med ein hivande Laatt og svor paa, at verre Tull hadde aldri han vori uppi. Og daa Haugum so halvt hadde samtykt i dette, var Daniel heilt med. Dei vart samstelte um at der ikkje var den rette Aand i Studenterlive no; og daa dei skildest, bad Aslak deim koma heim til seg næste Laurdagskvelden; der skulde dei hava det mykje gildare enn i Samfunde, meinte han.

Laurdagskvelden kom; og Aslak heldt Ord. Det vart eit heilt lite Lag; og der var Liv i Lage. Eit Par av Gjestom, millom deim ein Student Hærland av «Frams»-klikken, sa Aslak – var nye for Daniel; men snart var alle kjende. Samrøda var straks i Gang. Professorane vart ymist dømde; so kom Vitskapsspursmaal upp; serleg galdt det Filosofien. Haugum var i Beit med «Overgangen fra «Intet» til «Tilværelse» og bad Hærland greide dette; Hærland lo og spurde, um Haugum meinte at slikt var til aa «forstaa». «Kan De finne ein norsk Student som hev lært aa forstaa den Hegelske Logiken,» lagde han til, «so skal eg ikkje vera ærleg Mann.» Daa lo Aslak med sin store Laatt og sagde, at det vilde han Pinedød tru; Diktaren Gregus Johnsen nikka.

Fraa Logiken kom dei til Etiken, og fraa den til Politiken. Hærland og Aslak var Republikanarar, dei andre konstitusjonelle; og det vart varm Strid; dei einaste som ikkje var med i Ordskifte var Ortvedt, som totte dette gjekk for høgt, Gregus Johnsen, som fann det prosaiskt, og Daniel, som hadde nok med aa høyre paa. Dessutan visste han ikkje rett kven han skulde halde seg til; han heldt i Grunnen med Haugum, men hadde likevel best Hug til aa stydja Hærland, som var ein kvass, ordsterk Kar.

Men um ei Stund vart Aslak leid av Ordskifte og vilde hava Samhug og Hjartelag; so sette han i med skakande Maal: «Ja vi elsker dette Landet.» Det hjelpte. Haugum gløymde Kongedøme og Republiken og song i med glad Jubel: «som det stiger frem»; Daniel og Gregus Johnsen fylgde etter; Hærland kunde ikkje heller halde seg, men kom med paa «de tusind Hjem».

Og dei song og song seg varme. Det eine Verse tok det andre; og for kvart Vers vart dei gladare og meir uppglødde. Daa dei sistpaa med sterke Røystir hadde svori:

«Ogsaa vi, naar det blir krævet, for dets Fred slaar Leir!»

klinka Haugum paa Glase og bar fram i stilslege Ord ei Skaal for Fedralande. Han hadde ikkje mykje aa segja, og det vart ingin Tale; men det var so godt meint. Der var stilt i Lage med' den Skaali vart drukki.

No fann Gregus Johnsen at hans Tid var komi; han spurde blidslegt, um Herrane hadde lesi det siste Dikte av Bjørnson. «Ja,» svare Ortvedt snøgt; men Daniel var truskyldig og sagde Nei; og so gav Gregus seg til aa segja fram Dikte. Han deklamera stridt; og det vart ikkje mykje Klapping. Men Haugum reis upp og heldt ei Tale for Bjørnson som vekte slikt Samtykke, at Gregus prøvde seg med ei Tale til um det Emne. Av den Tala tok Hærland seg Tilføre til aa taka paa «Skandinavismen»; Haugum lagde imot; men det viste seg snart at dei i Grunnen var samde. Og no var dei komne so langt med Toddyen, at dei tok til aa blidkast; og Lage skilde seg sund. Ortvedt fortalde um eit Fyllelag som hadde enda med, at Verten skaut etter Gjestine med Revolver; Haugum og Hærland dryfte Riksstell; Gregus haka seg fast i Daniel og greidde ut um si Vanheppe til Eksamen. Han hadde vori uppe tvo Gongir; men det Daniel maatte vita var, at han ikkje var skapt til Eksamenshest. Han var skapt til noko anna, noko som han for sin Part trudde var høgare. Han visste ikkje um Herr Braut kunde vera med han paa, at Poesien var det høgste i Live … «jau, jau,» ropa Daniel; «Poesien, – jau; det er just mi Meining og; der er ingen Ting, som –!»

Gregus var glad yvi aa høyre det. Der var so mange Filistrar no um Dagen, og det endaa millom Studentane, Filistrar vilde han segja, som ikkje hadde Syn for dette, at Poesien var den øvste Livsmagt. Men det forstod Gregus; og ingin skulde faa han ifraa det. Aa spenne han for Eksamenskjerra, det var som aa … ja, han vilde ikkje brùka det Bilæte han tenkte paa. Folk snakka um Aandsutvikling, um Tanketukt … ja, Gregus hadde lesi Filosofi og eit og anna slikt; men … Dei kjende ikkje Aandi desse Folk; dei hadde aldri kjent Aandi bruse gjenom seg paa breide Vengir; Gregus vilde segja at dei hadde ikkje det, naar dei trudde at dei kunde binde Aandi til Reglar og segja, at so og so skulde ein tenkje, og so og so. Liksom Aandi ikkje gjekk sine eigne Vegar!

– «Ja syng, den! ropa Aslak Fjordan; «syng den!» – Haugum sette i med roleg, mild Røyst; alle lydde:

«Jeg har baaret Lærkens Vinge, jeg har sunget høit dens Sang; jeg har følt jeg skal mig svinge op til Paradis en Gang, op til Paradis en Gang.»

Songen kom til rett tid; Haugum maatte syngje han uppatt. Hugmilde og hugvarme sat dei og lydde og drøymde uppatt sine Barndomsdraumar um Englane og Gud Fader. Det kunde til Kvardags hende at dei kom i Tvil um eit og anna i Kyrkjelæra; men i Stundir som desse kom alt det gode og varme Hjartelage upp i deim, og dei trudde som Born. Sjølve Hærland vart rìvin med. Blid-øygd og bringevarm sat han og lét seg glide inn i fredsæle Kyrkjedraumar; sistpaa banna han paa, at dette var det høgste og djupaste i oss, kor mykje me so stræva med aa tvìla og fornegte.

Um ei Stund var dei komne inn paa eit nytt Emne: Kvinna. Eit langt Kapitel vart det. Dei gjekk heile Skalaen igjenom, fraa «Ideale» – Skaal for Kjærasten! «Mulmet sank, det svale» – og nedetter, til dei naadde Botnen. Daa sette Ortvedt i med eit lite skralt, brestande Maal og song um «Samson, som elskede Daliladalila, daliladalila»; og no gjekk det laust; Daniel, som tenkte med Hjarteverk paa si arme Berta Maria, kunde ikkje rett like seg. Gjenom ein naturleg Tankegang kom dei fraa dette inn paa uhuglege Ting, Sjukdom og medicinsk Styggedom, so Daniel tilslutt sat reint og fælte. Daa sagde Aslak «Skaal!» og slo i seg Resten av Glase. «Var det det andre eller tridje?» lo han og laga paa nytt, og mana paa dei andre, at dei fekk sjaa aa koma etter. Men daa Ortvedt endaa heldt paa med sine Hospitalsogur, stod Aslak upp og sette i med eit Mæle som kunde vekkje daude: «Sjung um Studentens lyckliga Dag.»

Visa kom til rettan Tid. Haugum reis upp og song med; snart gjekk dei og dreiv paa Golve og song alle ihop; men til Endes paa Verse kom dei ikkje; Samrøda tok deim att, ein etter ein. Dei hadde fengi so mykje aa tala um no; tvo og tvo eller tri og tri stod dei burtetter Golve og prata; og rett som det var maatte dei burtaat Borde og «skaale». Det vart livlegare og livlegare, og Rødune gjekk sterkare og sterkare, liksom ein Sjø naar det aukar paa og blæs. Sùme antra um kvar det var best aa faa Middagsmat; andre disputera um dei tri Personane i Guddomen. Og no kom det fram mangt av det dei elles gjekk og tagde med. Pengesorgir og Syndir, Narreverk og Daarskapar vart framlagde so truhjartigt og heilt som dei stod for sin siste Domar. Daniel kunde ikkje lenger bera sine Elskhugssorgir aaleine; Gregus Johnsen lét Ortvedt vita at han arbeidde paa eit stort Syrgjespel som skulde heite Keisar Kaligula: «det var Fanden!» lo Ortvedt; «aut Cæsar, aut nihil», sagde Gregus Johnsen. Men Hærland, som no var komin upp av sitt blide Lag, gjekk og lagde ut for Haugum so Busti fauk, at Læra um Kristi Guddom var ubibelsk. Og dei drakk Dus med heileg Ihuge, og heldt av kvarandre og trudde paa kvarandre, og lo i store glade Laattar aat ingin Verdsens Ting. Ender og daa sette dei i med Sjung um Studentens; daa gløymdest alt anna, og alle song med: låt oss fröjdas!» – men strakst koka Drøse uppatt, og Verse vart aldri utsongi. Lufti stod tett som ein Eim av Tobaksrøyk og Toddy-Eim; Haugum fekk sett eit Vindauga paa Glytt; men det hjelpte ikkje mykje. So klinka det paa eit Glas; ein eller ein annan steig fram raudøygd og bleik og heldt ein Skaaltale for det eller det, for den eller den; og daa Hærland hadde trætta seg trøytt med Haugum um Kristi Guddom, heldt han ein stor Tale for «dei velduge Ideane, som no som ein Flaum braut inn-yvi oss fraa Europa». Det vart mest Morgon fyrr dei slutta.

Men av slike Kveldar hadde dei fleire. Og dei song og braaka og skifte Ord um alle Ting; slost um Politik og store Spursmaal, so dei mest vart Uvenir stundom; ofte fekk dei Aslak Fjordan og Halvor Mosebø til aa stevjast, eller Hærland til aa fortelja Eventyr paa Sognemaal.

Naar dei so pratande og smaasullande dreiv Arm i Arm burt gjenom Gata langt paa Natt, hadde dei mest jamt ein Konstabel siglande i Hælane paa seg; «han forstod det var Russ, og lura etter Bøtar,» meinte Hærland. No skulde det fraa gamalt høyre med til Studenterlive aa liggje i Ufred med Politie; men den Ufreden lét dei vera; naar dei høyrde Konstabeltakten etter seg, vart dei støde og aalvorsame som eit Formannskap. Den gamle Bonderespekten for alt som lukta «Øverheit» sat deim alle i Blode; ja Daniel vart fastande, naar han saag Lovens Mann. Det kunde hende, at Aslak, naar han hadde dugeleg i Hatten, fekk Hug til aa «godprate litt med den Konstabelslusken», som han daa vilde «spretta upp Ryggsaumane» eller «slaa Hovude ned gjenom Halsen paa;» men daa hysja dei paa han alle ihop. Daniel var so rædd at han var paa Live; det var ikkje godt aa vita kva Veg det bar, dersom ein kom i Kløarne paa Politie, meinte han.

Men elles kunde dei vaage seg ut paa ville Vegar. Lausslopne fraa alle Tuktemeistrar, fraa dei strenge Bondeskikkar og den gløgge Folkedom, totte dei at dei burde bruka sin Fridom. Kristiania Nattliv stod for deim som eit villt, lokkande Eventyr; ein burde kjenne dette utrulege Varulv-Liv utanfor all Regel og utanfor all Moral, utanfor det menneskjelege Samfund. So kunde det hende, naar dei var kvìke og kvate og Natti var myrk, at Ortvedt nemnde «Øl ovenpaa»; og so gjekk dei dit, der dei «kunde faa Øl etter Klokka 12». Men det hadde dei lite Moro av; Eventyre var ikkje nokot Eventyr. Jammerleg Kristiania-Prosa var det, Raaskap og Rotinskap og Lukt som i ein Rennestein. Det var utrulegt at slikt kunde vera til, og at Folk kunde bli saa ulkeleg[sic] fæle. –

– Daniel vart snart leid av aa gaa paa Fyrilesningar. Aa sitja der uppe paa det svarte Universitete fire fem Timar kvar Dag og høyre paa endelause Utgreidingar um Vinklar og Kategoriar, det var ikkje stort likare enn aa vera i Skule. Ikkje lærde han noko heller. Han undrast paa um det ikkje var slike Fyrilesningar Professor Darre hadde meint, daa han tala um aandlaus Ser-vitskap. Og Filosofien, – ja den var ikkje til aa forstaa, som Hærland hadde sagt.

Han gav seg til aa forsøme. Naar det leid til Eksamen kunde ein plugge i seg det som turvtest av Bøkane; det gjorde same Nytta. Og det vart mange som gjorde det so. Andre-Eksamen var dessutan lett. Og hadde so lite aa segja; ein kunde nytta si Tid betre; ein kunde sitja heime i Ro og Mak og studere Menneskjelive gjenom aandfulle Bøkar.

So gjorde Daniel det. Ikkje kvar Dag; Kjenningane kunde undrast paa det; men ofte. Og det vart oftare og oftare.

Dei «aandfulle Bøkane» fekk han laane av Gregus Johnsen for ei Flaske øl so daa og daa; etterkvart slo han seg paa Romanar. –

– Men smaatt um Senn tok Pengane hans til aa minke. Eit av tvo laut han gjera no etterkvart: sjaa seg um etter noko aa tena Skillingar med, eller taka til aa spara aalvorsamt.

Han valde Sparetanken. Ein fekk vera fri Student so lengi ein kunde; og Hjelp kom det vel ein Gong, den som berre heldt ut.

Lias maatte vel faa selja sitt Skjerp no snart; so vart me berga alle. Og um det skulde knipe, so sagde det seg sjølv, at det maatte vera snart gjort aa faa Arbeid i ein so stor og rik By som Kristiania.

Det einaste han kunde spara paa no var Maten. Men det var som det skulde vera. Filisteren livde so han kunde eta; ein Student aat so han kunde lìva; ein sann Student og Idealist skulde lìva paa smal Kost. Og Dølen hadde livt sine beste Dagar naar han ikkje fekk Middagsmat.

Dette vilde Daniel freiste. Tvo Dagar um Vìka lét han Middagen vera og livde paa «Heimemat». Og det totte han gjekk godt i Grunnen.

Men Pengane minka og minka.

Ein fekk knipe inn ein Middag til. Det var ikkje onnor Raad; dessutan var der det gode med aa halde Middag heime, at det var so maklegt. –

Han vart meir og meir lat. Um Morgonen laag han og las og røykte til langt paa Dag; og naar han kom upp, so bar det i veg med same Arbeide.

Det var so hyggjelegt aa lesa um Kjærleik. Mest alltid fann han ei Gjente som kunde vera Berta Maria, og ei som kunde vera Inga Holm; og daa var det som Draumane hans fekk Liv. Men Live sjølv vart ein Draum som han gløymde.

Han tok til aa forstaa hin Guten som ynskte aa vera Konge, og som daa vilde liggje paa Laaven all Dagen og eta Rjomegraut. Den som hadde ein Roman attaat Grauten, og so ei Pipe etterpaa, so kunde ikkje det vera verst!

Ettersom Tidi leid, fekk han slik ein forunderleg Mathug. So maklegt som han livde, han var svoltin stødt. Dette kom ille med for Sparingi hans.

Det vart verre og verre. Mat-Tankane vart so sterke at han fekk ikkje Fred for deim. Han kunde lesa dei gildaste Forteljingar um Kjærleiks Sorgir og Kjærleiks Sæle, og so maatte han upp og rive i seg eit Stykke Mat. Eller han kunde lesa um Riddarliv og Kjempeverk i heite Draumar um salt Kjøt og Flesk og Erter paa «Dampen». Og det glødde for Bringa av Svolt; han kjende Lukti av Flesk og gule Erter so han mest gløymde Romanen.

Stundom stal han seg paa «Dampen» dei Dagane daa han etter Rekningi skulde halde seg heime. Den sterke strame Matlukti fraa Eimkjøken kom yvi han som ei Forlokking; han luska avstad som Drikkaren til Sjappi, endaa Samvite gnog og gnaala og minte tydeleg um at han ikkje hadde Raad.

Naar han so naadde den sæle Gluggen, der Maten kom langande ut igjenom som fraa eit Rikdoms Djup … og naar han fekk det rjukande varme Fate millom Hendane, so at no var det ikkje Draum lenger, men handfast litande Sanning, – aa, han kasta seg yvi Maten som eit Dyr, slog Kryl paa Ryggen som Hunden yvi ein stolen Kjøtknok og aat, aat; sukka av Sæle; langa i seg grundigt og metodiskt, so kvar einskild Bite kom til sin Rett, gjorde reint Bord, og ynskte seg ein Svanehals, so denne Gleda kunde vara lite lenger. Men naar han vel kom heim, var han svoltin att.

Det var ikkje so poetiskt aa svelte som Daniel hadde tenkt. Og det var med stigande Rædsle han saag, at Pengane hans kvar Dag minka. For kvar Dalar som gjekk var det som det losna eit Stykke av Grunnen under han; og naar den siste Skillingen ein Dag maatte springe … det vilde vera som aa glide ut i eit myrkt, myrkt Djuv.

Han hadde Kjenningar; men dei turvte sine Skillingar sjølve. Haugum skulde heim til Nyaar og taka ein Skulepost; Ortvedt skulde upp paa Lande og vera Huslærar; Aslak Fjordan hadde nok alt slìte sterkt paa Bankboki si, og Hærland og Sven Dufva – livde paa Laan som dei fleste andre. Dessutan heldt Kjenningane seg meir ifraa han no. Daniel tok til aa sjaa soleis ut, at dei alltid var rædde han kunde vilja laane Pengar.

Han tenkte ikkje paa aa vera fin; dei Draumane hadde han lagt til Sides for det fyrste. Kisteklædi sine maatte han spara so lengi han kunde; og med Kvardagsklædi var det heller skralt. Trøya hadde skift Lìtir, so ho var midt millom flaskegrøn og oskegul, og ho hekk i Posar um han som ein Sekk; Vesten knappa han att heilt upp aat Halsen til aa løyne Skjorta, som sjeldan var i Vask, av di Vask kosta Mynt; og um Halsen hadde han ein Papirsnipp som ikkje vart bytt ofte. Haare fekk vekse som det vilde sjølv; og raude lange Skjeggflisir grodde paa Hòka etter sin eigen Tilhug. Men ned-etter Føtane laag Broki i store Kne, og upptafsa og fæl ut-yvi dei skeive, sprukne Styvlane. Han trøysta seg med, at no naar Vinteren kom kunde han løyne det verste av Armodsdomen med Vinterfrakken.

Toddykveldane kunde han ikkje vera med paa lenger, av di han ikkje hadde Raad til aa vera Vert sjølv nokon Gong. Dessutan vart han so snart full no, og so reint ille full. Og naar han vart full tøvde han, so han vart reint brysam. Han vart meir og meir aaleine, og lagde seg meir og meir i Hide; det ideale Studenterliv fekk han drygje med no, til dess han fekk Skillingar.

Kvar Dag gjekk han og venta paa Brev fraa Lias um Malmgruvune. Men det drog ut. Og Daniel kunde snart paa Dagen rekna ut naar han vilde vera skillinglaus.

Husleiga for den siste Maanaden hadde han alt vori kravd for. Den Gongen hadde han sloppi fraa det paa ei Vis; men nytt Krav kunde han vente naar som helst. Aa, at ikkje Lias kunde skrive! –

– Jau; ein Dag skreiv Lias. Han skreiv, at han vilde selja Garden og draga til Amerika. Han hadde no ei Tid fari galin og havt Skjerpefeber og øydt upp Tid og Pengar paa det verste Juks; no kunde han ikkje klara seg lenger. Jens i Larsebakken eller Banken fekk taka Garden, og ho Mor fekk vera hjaa Judit, som no skulde gifte seg med ein Snikkar ned paa Nese; han sjølv vilde fara med næste Baat.

Daniel sat og las dette, og det var som eit Berg av Draumar ramla ned yvi han med Brak og Gov; no laag han der. Kvar skulde han no av?

Aa, at ikkje Vaarherre kunde hjelpe. Han som aatte heile Verdi; han, som var allmegtig … Kunde han ikkje hjelpt Lias til aa finne noko Malm? Kunde han ikkje med eit Ord ha skapt ein Malmgang i det Fjelle der Lias hadde teki Skjerp? Kunde han ikkje … kunde han ikkje skapa dette Breve um til Gull … eller gjera den Lampa til Gull; eller Blekkhuse …

«Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde», stod der. Men det var ikkje sant! Hundrad tusund glade Gutar gjekk ikring i denne Verdi og gjorde ingin Ting, anna enn Ugagn, og livde likevel, livde godt, livde høgt, av di dei hadde ein rik Far, eller ein stor Arv; kvi skulde ikkje ein annan vera likso nære til slikt som dei, tru?

Daa Daniel hadde tenkt seg trøytt paa dette og skýna at han ingin Veg kom, drog han ein tung Sukk og sagde til seg sjølv, at no fekk han freiste det siste.

I ein By som denne var der Arbeid nok. Det galdt aa finne noko som ein kunde like.

Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so aandlaust; der var ingin Idealitet i det. Dessutan kunde han det ikkje.

Kva kunde han? Føre Bøkar? Nei. Vera Lærar i Musik? Nei. I Matematik? Nei. I Latin eller Græsk? Nei. I Tysk eller Fransk? Knapt nok. Inginting kunde han, som her var brukande.

Og kven skulde han gaa til? Han kjende ingin. Ingin som hadde Pengar eller Magt. Han fekk sjaa etter i Bladi, um der skulde vera noko.

Nei. Inginting for honom. For Handelsfolk og Tenestgjentur var der nok av Arbeid aa faa; men for ein Student som inginting kunde, var der inginting.

Daniel Braut vart rædd.

I si Naud gjekk han til Haugum. Han maatte tenkje paa aa faa noko aa gjera, sagde han, og spurde um ikkje Haugum visste nokon som kunde hava Bruk for han. Nei; Haugum visste ingin.

Det var svært vandt aa faa Arbeid naar ein ikkje var kjend, forklara Haugum. Her var slik Tevling um kvar Ting, hundrad Bikkjur um kvart minste Bein, so det skulde Lykke til aa koma inn i noko. «Men gakk upp til Bladstyraren av Bondevennen,» sagde Haugum; «skulde nokon vita noko maatte det vera han.» – «Ja men … kann ein gaa til ein slik Mann … og spyrja um slikt?» «Ja, det kan ein daa vel! Bondevennen er ein snild gamall Mann; berre gakk du.»

Daniel tok sine Kisteklæde paa seg og gjekk. Men modig var han ikkje.

Han vart vist inn i eit stort langt Rom, der mange Gutar sat kvar med sitt Bord og stelte med Avisur. Sùme lagde ihop; andre lagde i Umslag; andre skreiv Utskriftir. Daniel vart tekin av ein djup Age; han tenkte paa eit Ord han hadde lesi ein Stad, at Pressa var den fjorde Statsmagt. Han strauk Luva av seg og helsa burtgjenom Rome; ingin svara. Dei gaadde 'n ikkje; Daniel totte han vart so litin; det kunde visst ikkje nytte aa freiste her; best aa gaa att. Men so kom det ein litin Gut. «Ska Di snakke mæ no'n?» spurde han rolegt og trygt; Daniel vart bljug for den vesle Karen. «Ja … det var … Redaktøren.» «Vers'go! inn der!» sagde Guten, peika og gjekk. Daniel inn gjenom ein Gang; stilt, varlegt; den fjorde Statsmagt, den fjorde Statsmagt! Rome kvitna av Papir; Lufti var full av Papir-Rassl som av ei kvass Kviskring.

Stilt og høgtidsleg banka Daniel paa Døri. Ingin svara. Ein Gong til; noko fastare; – «kämm-inn!» sagde eit tvert Mæle liksom langt inne or ein Kjellar. Daniel lét varleg upp og steig inn, audmjukt som skulde han fram for Kongen.

Der var ingin inne. Rome var ikkje stort, heller ikkje ljost. Men stygt var det, og ustelt. Midt paa Golve stod eit Bord fullt av Papir og gamle Avisur; for Bordenden stod ei stor Kipe eller Korg full av same Slage; Bøkar og Pakkur laag og slong burtetter Golve; ei stor Bokhylle lengst inne stod halv-tom og glein og gapte yvi nokre Aargangar av Bondevennen og Storthingstidende; eit Par Pinnestolar stod og dreiv her og kvar, der dei sist var sette. Men i eit lite Kot innanfyri saag Daniel ein graa Rygg, som sat og lutte framyvi ein Pult; skulde det vera Bondevennen?

Den graae Ryggen vreid seg rundt; Daniel fekk sjaa eit bleikt, surøygt Andlit med tunt, raudt Skjegg kring tunge, posne Kjakar; Munnen var breid og keid, men sagde ingenting. Daniel vart ille til Mods. «Er det … Redaktøren?» spurde han; skulde vel sagt «Herr Redaktøren», men fekk det ikkje til. «Han kommer straks,» var Svare; «sitt ned!» Dermed snudde Andlite seg burt att; og Daniel saag paa nytt ein graa Rygg som sat og lutte framyvi ein Pult.

Daniel gav seg i Kast med den eine Pinnestolen og fekk sett seg. Han var glad for at den graae Ryggen ikkje var Redaktøren, men kjende seg uroleg naar han tenkte paa at denne store Mannen snart skulde koma … stigande inn breid og majestætisk, grundande paa landsvigtuge Reformir; kva skulde ein segja til slik ein Mann?

Det banka; Daniel skvatt der han sat. «Kämm-inn!» sagde den graae Ryggen; og ein litin mager, halvgamall Fyr smatt inn, snaud og snøgg, med eit lite forunderlegt Katte-Andlit. Han hadde Ryggen halvt krùm til Helsing, men retta seg daa han ikkje saag Redaktøren; smatt so med lettvinne magre Stig burtaat Indredøri; Daniel kjende paa seg, at Mannen var Skræddar. «Goddag!» – Den graae Ryggen vreid seg. «Redaktøren ikkje inne?» – «Nei.» – «Kjem han snart?» – «Aa, i Morgo.» – «I Morgo?» – «Fyrimiddag ein Gong.» – «Men i Dag var eg her inne i Ekspedisjonen; og daa sagde dei at han kom her i Ettermiddag?» – «I Morgo Fyrimiddag som sagt. Høyr innum Klokka 11 til 1.» – «Ja ja. Men det var elles dette Stykke, forstend De …» – «Kva for eit Stykke?» – «Aa, dette um Luksus … um kor gale det er med all denne Luksus'en» … – «Naa –?» – «Han lova det skulde koma; men det drygjer so lengi no; eg vilde gjerna vita um det ikkje kjem snart!» – «Ja, De fær snakke med Redaktøren.» – «Og so vilde eg gjerne vita, um eg ikkje kunde faa noko for Stykke … Det er ikkje greidt aa klara seg i desse Tider …» – «Høyr innum i Morgo Klokka 11 til 1.» Andlite snudde seg burt; den graae Ryggen viste paa sin Maate Skræddaren Døri. «Godt, godt,» sagde Skræddaren, han stod og bytte Føtar og liksom dansa; «i Morgo 11–1 … Ja, Godmaar'n da!» Han vimsa ut att med lange Stìg, og det viste seg at han hadde Maane.

Daniel lika seg ikkje der han sat; det var uhyggjelegt her, og visst lite aa vente. Han vaaga seg burti Døri og spurde vyrdsamt, um det var so at Redaktøren ikkje kom fyrr i Morgo? – «Kommer straks,» knurra den graae Ryggen. Var det ellers noko han kunde greide? – Mja – nei, det var … Vilde han kanskje hava Arbeid i Blade? Var han burtvist fra Universitete kannhende? – Nei, Daniel var daa ikkje det. – «Naa, godt. Alle som stryk til Artium eller vert burtviste fraa Skulen kjem gjerne her og vil vera Bladmennar; me kunde forsyne heile Europia med slike Bladmennar; – so der bør De ikkje konkurrere. Godt, der er'n.»

Daniel vende seg bleik og budde seg til aa helse. Inn gjenom Døri snudde seg ein diger Kropp i ein diger Vinterkjole; paa Hovude hadde han Skinnluve og for Augo eit Par store Hornbrillur. Daniel bøygde seg Gong etter Gong. Den Gamle svara ikkje; gjekk burt i ei Kraa og tok av sig Kalosjune og Overfrakken. So kom han stigande med gamle, varlege Stig burtimot der Daniel stod; helsa ikkje; sagde inginting; stirde stivt gjenom Brilleglasi.

Daniel sagde i snaavande Hast kva det var han vilde; Gamlingen riste paa Hovude og svara Nei. Nei, han visste inginting. Han hadde hjelpt ein og annan i Veg fyrr … «sitt ned, Gutten min!» – Gamlingen sette seg sjølv –; soleis var der ein, som heitte … som heitte so mykje som … Jakob, nei, Peder, nei, det var Jakob! nei, det var nok Peder, Peder, – Peder Monsen … «Kjenner De Peder Monsen?» – Nei. Daniel gjorde ikkje det. – «Naah. Ja; det var elles ein Gut som forstod aa snu seg; han fekk Død og Pine laane 20 Daler av meg, som han skulde betala, naar Far hans fekk selt ei stor Malmgruve han hadde funni …» Og Daniel fekk ei lang Sogu um denne Peder Monsen og hans Gaavur til aa snu seg; den gamle lo og kom i godt Lag. Men Daniel kjende seg meir og meir modlaus. Der banka det paa Døri. «Kom!» ropa Gamlingen. «Ja, som sagt, nu vet je ingen Ting, Gutten min; men De faar avertere! – Godkveld, Godkveld!» sagde han til den nykomne, «naa, det var bra, De kom. Sitt ned! Ja, Godkveld, Gutten min!» – Daniel gjekk; han kjende seg so underleg kald, og so tung i Føtane.

Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje; berre sat og var modlaus. Etterkvart tok han til aa drøyme. Kanskje var der ei Meining i dette med. Kanskje Vaarherre ikkje vilde at han skulde binde seg til noko Arbeid; han hadde kanskje Hjelpi liggjande ferdug, og den vilde han sende naar Naudi var størst. Ein Dag naar han kom heim svoltin og trøytt, og reint modlaus, laag der eit Brev paa Borde til han med 100 Dalar i og berre dei Ordi: «fraa ein ukjend Ven; friskt Mot!» Og naar dei Dalane var ende, so kom det eit nytt Brev av same Slage … Han sat og reknaut korleis han paa beste Maaten skulde brúka desse Pengane; men han kom etter, at 100 Dalar var reint for lite; og so drøymde han Draumen um att so, at no laag det 200 Dalar i Breve. So banka det paa Døri; Daniel skvatt upp … Men det var berre Gregus Johnsen.

Dagen etter gjekk Daniel upp i Universitetshalli og saag etter, um der var nokon Huslærarpost utlyst. Jau, der var ein, – hjaa ein Doktar burtpaa Strilelande. Daniel gjekk att med ein Gong. Vaarherre kunde daa aldri vilja at han skulde grava seg ned paa Strilelande.

Han hadde ikkje Ro lenger til aa sitja inne og lesa. Ikkje kunde han gaa paa Fyrelesningane heller; hadde anna aa tenkje paa. Han gjekk mest og dreiv paa Gata og døyvde sine rædde Tankar i Draumar; og han hadde ei løynleg Von um, at han paa denne Maaten kunde slumpe uppi eitkvart. Lukka hans sat kannhende og venta paa han her eller der, berre han kunde koma yvi ho. Maten! For ein so jammerleg Ting som Maten kunde daa ikkje ei Sjæl gaa under. Alle Heltar i alle Dikt fekk alltid Maten; det var raatt aa spyrja um slikt. Maten maatte koma. Vaarherre var vel likso god Diktar som dei andre …

Meiningslaust, tankelaust, uforsvarlegt vilde det vera aa hjelpe han upp or Bondelive og so sleppe han att paa denne Maaten. Det var ikkje fritt for at Daniel i sine inste Tankar so smaatt truga Vaarherre med, at han vilde slutte aa tru paa han, um han ikkje hjelpte no. Det var Tankar som han sjølv fann formastelege; men han forsvara dette med, at dersom han skulde bli uppraadd no, so vilde han vera nøydd til aa tru at der ikkje var Meining i Live. Og so lett som det maatte vera for Vaarherre! Han, som hadde kvar Manns Hjarta og Tanke i si Hand … Daniel gjekk og tenkte ut tusund Maatar som Vaarherre kunde gjera det paa. Eit gamalt Minne um eit Salmevers sveiv stundom fram for Hugen hans, noko um at Vaarherre gav Borni sine det dei trong medan dei laag og sov; og kva stod der ikkje i Bibelen? Gamle Kingo song um baade Josef og Elias og mange andre; Versi susa for Øyro paa Guten, til dess han sistpaa liksom høyrde deim:

«Elia, sig, hvo fødte dig, der Regnen forholdtes underlig i den svare dyre Tid? I Sidons Land en Enke rund til den Gud sendte dig samme Stund. Og at du ei skulde lide Nød, der du drog did, som Gud dig bød, og hans Befaling gjorde, dig førte Ravne Kjød og Brød aarle og silde til din Fød'. Josef blev til Ægypten solgt og der i Fængsel sat med Vold for sin Gudfrygtighed; Men Gud hjalp ham til Herrenavn, hans Venner til stor Ære og Gavn. Gud havde Daniel ei forgjet, der han blandt Løverne var nedsæt, sin Engel sendte han did; han hannem Mad da føre lod ved Habakuk, sin Tjener god.»

Det galdt aa hava Tru; det sagde seg sjølv. Men han trudde. Var det ikkje anna det stod paa, – han skulde tru so fast som Fjell! Men som han tenkte dette, kjende han innanfor Tanken Samvite, som vakna og stakk Nosi fram og sagde: det lyg du.

Skulde det vera det, som var i Vegen? Vilde Vaarherre gjenom Naud og Trengsle bøygje hans Hug og drive han til Bot? Han vart uroleg ved den Tanken. Dagen etter gjekk han upp paa Universitete og vilde sjaa betre etter um den Huslærarposten; det var kannhende ikkje verdt aa krevja for mykje av Vaarherre heller. Men daa han kom der upp, var Lysingi um Huslærarposten burte.

Daniel rusla heim med bøygd Nakke og tunge Stig. Men etterkvart som han gjekk tok Draumane til aa vakne att. Naar Naudi var størst, var Hjelpi næst. Kannhende … naar han kom inn, so laag der eit Brev til han paa Borde, eit Brev med ein Veksel, fraa ein ukjend Ven, 100 Dalar, 200 Dalar, 500, 1000 … Han trudde det ikkje sjølv. Men daa han steig inn paa Rome sitt, glytte han urolegt burt-aat Borde, um der skulde vera noko endaa … Ved Gud! der laag eit Brev. Skulde det vera tenkjeligt? Skulde Vaarherre i sin uendelege Naade … Han reiv upp Breve med skjelvande Hendar. Der stod:

«Hr. Student D. Sørbraut. Kjære Søskendebarn! Jeg har faaet saadan Lyst til at komme til Kristiania. Jeg kan ikke trives her hjemme; thi Forholdene her er saa bedrøvelig smaa, saa at jeg kan i Sandhed sige med den store Digter B. Bjørnson: her er saa knugende, tærende trangt, og mit Mod er saa ungt og rangt. Derfor vil jeg nu bede Dig, som er Student og bekjendt der inde, at du vil gjøre mig den store Tjeneste at skaffe mig en Plads i Kristiania. Jeg kan ikke Spraag; men jeg skriver en god Haandskrift og kan de fire Species og Reguladetri med Brøk, samt Renteregning og Decimalbrøk; og mine Fordringer er ikke store, naar jeg bare kan leve der inde …»

Daniel heiv Breve ifraa seg so langt han kunde. Han var for hugtung og mødd; han kunde ikkje læ.

VIII.

Ved Billetgluggen paa Dampen stod Daniel og fraus og veksla sin siste Dalar. Han var blaa um Nebben og tung i Hovude. Og av Tankar hadde han berre ein: at ein fekk lìva so lengi ein kunde,

Som han skulde ind i Matsalen kom Jens Rud. Han var nærsynt og kjende ikkje Daniel med same; denne vart bljug og vilde helst sleppe ifraa han. Men so helsa Rud og spurde kor det stod til. Aa Takk.

Dei kom inn og til Bords; Rud tok i Øl, og Daniel kom seg. Fraa Hirsch kunde Rud helse; det var slutt med Staake der uppe no, so lengi det kunde vara; Bisp og Departement hadde fengi i Stand ei Semje; og den stod vel ei Stund. Men Pietistane var ikkje aa lite paa. Dei kunde tala søtt um Fred og Broderkjærleik; men dei var som Svartfod-Indianar: laag paa Lur langs Vegar og Stigar og tok Skalpen av sin kjære kvite Bror so snart dei saag seg Kans til det. «Ja, det er visst sant det,» sagde Daniel.

«Ja; slikt ligg me og slaast um her heime», heldt Rud fram. «Daapsformularar og gamle Talemaatar! Ut-i den store Verdi, der hev folk anna aa tenkje paa. Hev De lesi den siste Talen av Kastelar?» – Nei, Daniel hadde ikkje det. «Ja, den maa De lesa. Det er ein Stormann, den Kastelar.» – «Det er visst det?» – «Ein Stormann!»

Sidan fortalde Rud um dei politiske Tilstand i Frankrike. «Det er greidt, at all Ungdom heretter maa vera republikansk», slutta han. Daniel kunde ikkje finne noko aa segja imot dette, og so svara han.[sic] at det var rimelegt. «Er De Republikanar?» spurde Rud tankelaust. «Aa … i Prinsipe maa eg segja –; elles hev eg ikkje tenkt so mykje yvi det.» – «Nei,» sagde Rud med sin klaare, fine Smil; «ein vert Fristatsmann i desse Dagar um ein so ikkje tenkjer. Det ligg i Lufti, ser De.» «Ja, det er visst so?» svara Daniel.

Han sat og tenkte paa Haugum og hans Motgrunnar mot Republiken, men kunde ikkje faa Tak i deim. Og Rud var visst meir klaartenkt.

Um ei Stund sagde Rud: «Gjeng De mykje i Teatre?» – «Aa … súmetider.» – «Ja; kva segjer De um slikt Stell?» spurde Rud. Daniel vart forundra; han hadde inginting aa segja paa Stelle. Men det sagde seg sjølv at Rud forstod det betre enn han … «aa, det kann visst vera mykje aa segja,» svara Daniel. «Mykje aa segja?» ropa Rud; «det er ein Skandale!» Og han forklara med heite Ord, at slik som Teatre no vart styrt, so var det eit reint Rengjebilæte av eit Nasjonalteater. Han tala so myndigt og sak-kunnigt um dette, at han maatte have Rett; og som Daniel no var modig og mett, sagde han i full Forundring: «at Folk vil finne seg i slikt!»

Rud smilte. «Me er dauve av oss, me Nordmennar,» sagde han. «Det er vel so,» svara Daniel. Rud heldt fram, laagt og løynvori: «elles er det ikkje sagt kor lengi me finn oss i det heller.» – «So?» – «De maa ikkje snakke um dette; men det kunde vel hende at her ein god Dag … vart Leven.» – «Leven?» – «Ein Demonstrasjon, forstaar De … ein Pipekonsert eller eitkvart slikt … Vilde De i Tillfelle vera med?» Daniel kjende seg gjøld ved den Tiltrui Jens viste han og svara: «ja visst vil eg vera med.» Jens saag paa han. «Skal det vera eit Ord?» – «Lat gaa.» – «Kor bur De?» – Der og der. – «Godt, so skal De faa Bod, naar Tid kjem. Men Tonn for Tunge so lengi?» – «De kann lite paa meg,» sagde Daniel.

Daa dei kom ut, sagde Jens: «Kaffi?» og Daniel gjekk med. Strakst etter kom han til aa tenkje paa, at kannhende kunde han no paa ein fin Maate slaa Pengar til Husleige. Han braastana og sagde: «aa nei; eg hev nok ikkje Raad til dette. Eg slo sund den siste Dalaren min i Dag, so no gjeld det aa spara.» Daniel vart eit Grand raud; han trudde Rud maatte forstaa dette. Men i ein forundra Tone svara Jens: «Kaffien er min, veit De!» – «Aa – ja – takk,» mulla Daniel; han hadde tenkt, at Rud hadde havt finare Teft i slike Ting.–

Kafé Nasjonal var fast samlingsstad for Frams Flokk, og hadde stor Søknad av den «folkelege» Ungdomen. Daniel saag etter Fram; men der var ingin her som han kjende. Gjenom den halvopne Døri til det inste Rome saag han eit Par Fyrar som kunde høyre til Flokken, kannhende; lange var dei og lurvne og minte um eit Ord, han hadde set i Bladi: «Røvere fra Apenninerne»; dit inn tok Rud Vegen. Og der fann dei Fram; han sat for Bordenden og skreiv. Jens og Daniel sette seg.

Daniel saag ikkje stort anna av Fram enn eit urimeleg langt svart Haar, som hekk ned yvi Augo hans, og som han stundom, men reint til Faanyttes, strauk upp yvi Panna med Handi. Han var klædd i ein svart Sidfrakke, som var blank paa Aalbogane av langt Slit og eit Grand frynsut fram-med Hendane av same Orsak; mager var Karen og sped. Paa Bordet framfyri han stod ein ordrukkin Kaffikopp og ein Kopp Moltur; Skrivepapir hadde han ikkje; han sat og skreiv paa Kanten av eit gamalt Avisblad; Baksida av ein Subskripsjonsplan hadde han skrivi full og lagt ifraa seg. Dei tvo Røvarane sat og las Avisur; det var stilt i Rome; ein høyrde berre Pennen skrasle og rive i det grove Trykkpapire; Fram saag ikkje upp utan kvar Gong han var burti Moltekoppen. Daa stirde Daniel forviten paa dette lange, klaare, sterke Andlite og paa dei ljose blaae Barneaugo og undrast paa, at dette skulde vera den fæle Radikalisten dei tala so mykje um, og som Politie etter Folkeorde vakta kor han gjekk, so han ikkje skulde gjera Revolusjon paa opne Gata.

Etterkvart kom fleire av Flokken drivande; og det vart meir livlegt. Ein skulde hava Kaffi, ein annan Øl; ein tok Brød attaat; han hadde ikkje fengi Middag, sa han. Eit Par kom med Bøkar under Armen; dei brùka aa sitja her aa lesa, av di dei ikkje hadde Ved heime. Ein ung, fatik-fornæm Student bad um Øl av dei andre «daa han ikkje hadde Kredit her lenger»; «hev du Kredit nokon annan Stad daa?» spurde dei. «Fanden heller,» svara den unge. Daa lo Karane; og Strand – han med Brøde – meinte, at no kom daa vel Baardsen endeleg til aa hengje seg upp, som han burde ha gjort for lenge sidan. Den unge – Baardsen – drog paa Akslom; «det er ingin som vil borge meg eit Reip,» sa han. «Du skal faa eit Sekkjeband av meg,» svara Strand, «men naar du hev brukt det, vil eg ha det att; eg hev snart Bruk for det til min eigin Hals.» – «Gjev meg eit Stykke Mat, so skal me forhandle um den Saki,» sagde Baardsen. «Fanden, eg er ikkje halvmett sjølv! – Naa, din Slyngel, din Idiot, ver so god; gjev det maatte forvandle seg til Graastein i din Hals og i din botnlause Vombsekk!» – «Takk,» sagde Baardsen.

Daniel tok til aa like seg i denne Flokken; dei var Fant liksom han, men kunde taka det lett. «Aa du,» sagde Fram til den eine Røvaren, «kom hit med det Filleblade ditt!» – «Eg hev ikkje lesi det,» knurra Røvaren. «Kom med det!» kvesste Fram i; han maatte hava noko aa skrive paa! Den andre reiv Blade i tvo og gav Fram Lysingssida. Under dette kom det eit Par Ungdomar inn, som Daniel dømde var Teologar, og som nok ikkje høyrde til Lage; dei sette seg ved eit mindre Bord burtmed Vindauga, og Skjenkjedeigja kom med Kaffi til deim. «Johanne!» sagde Fram, «kor mange Koppar hev eg faatt no?» – «I Dag, meiner De?» – «Ja?» – «Seks.» – «Lat meg faa ein til, Johanne.» – «Berre ein?» spurde ho og lo til dei andre med sine kvite Tennar. «Ein i Senn,» nikka Fram og skreiv.

Men daa Kaffien kom lagde han Pennen fraa seg. Han rette seg upp og saag seg ikring; Daniel lagde merke til, at han ikkje hadde Halskrage; so gav han seg i Ferd med Kaffien. Og daa den fyrste Torsten var sløkt, sagde han til Baardsen: «Du Baardsen? Eg vil segja deg det, at dersom du hengjer deg upp no, so gjer du ei god Gjerning; for ein Laban er du, og ein Laban vert du; men … lat no det vera godt. Vaarherre hev Bruk for altslags Folk; han hev bruk for Teologar og, maa ein tru.»Dei forstod strakst kor han vilde av; dei tvo unge Teologane, som sat der burte so reinstrokne og strame, lokka nok altfor sterkt hans Vikingnatur. Serleg maatte den eine vera Fram lysteleg aa sjaa til; det var ein sann Teater-Teolog med svarte Kisteklæde og Engleslips; det vesle magre og samanbítne Andlite bad i alle sine Rukkur og Munnvikir Vaarherre fri seg fraa Verdi, og han heldt seg so stiv som han skulde ha svelgt eit Økseskaft.

Det var desse Karane, Fram vilde egle seg innpaa. Han smaafikta mot Teologar og Teologi, so det var ikkje greidt for unge teologiske Studentar aa høyre paa; i Fyrstningi gjekk det smaatt og halvt paa Lentur; han kunde smile som eit Barn yvi sine kvasse Ord; man Augo glødde upp sùmetider, og han vart harskare og harskare. Snart kunde Guten med Økseskafte ikkje halde seg so høg og bleik som fyrr. Han raudna og raudna. Vart meir og meir ladd, med Sanningshùg og med Sinne; Gong paa Gong saag det ut til at no kom han; Gong etter Gong svelgde han Harmen i seg att; endeleg braut det laust; han kunde ikkje meir. Fram dreiv paa med, at Prestane skulde vera Folkelærarar; dei skulde vera som dei gamle Rasjonalistprestane, som lærde Bonden dyrke Jordi; det var anna til Kultar det, skulde han tru, enn desse Haruspeksane no um Dagen, som var ljosrædde som Rotta, og berre kraup inn til Altare og laag og mulla yvi Mysterie; daa kom Økseskafte. «Undskyld,» – maatte han vera so fri aa spyrja, kven det var som hadde gjenomført den nye Skulelovi? Og kunde det vera rett aa kalla deim som det hadde gjort, for ljosrædde? – Daniel fekk med ein Gong Vyrdnad for Økseskafte. Men Fram snudde seg aagangsfus til den vesle Teologen og sagde, at det om Skulelovi var noko Humbug! Og han lagde ut paa sin sereigne Maate, stundom strævande, og so harskt og braadt; at det ikkje var Prestane som her hadde Æra; den nye Skulelovi var skapt av Folkekrave nedanfraa, fraa Skulemeistrar og Klokkarar; Lovi var ei Frukt av Skulelærarmøti kring Lande og av det Liv som var vakt av Ole Vig; Prestane, dei hadde stødt rengt Augo til dette Live; og paa Lærarmøti hadde dei, um dei stundom møtte upp, protestera og skræmt ned all fri Tale og studt Faakunna so godt dei vann, Faakunna nedanfraa, Kjeringkrave at Pontoppidan skulde vera Storboki i Skulen. Det hadde Prestane gjort! Men dei som hadde ført Orde for Skulelovi, det var slike Folk som Klokkarane fraa det vanvyrde «Klokkaramt»; og dei som hadde gjort at her no var meir Upplysning i Lande, det var dei som Teologar og andre fine Folk kalla halvstudera Røvarar, denne Fylking av Arbeidstrælar, som sleit og arbeidde fraa Morgon til Kveld for Maten i Munnen og knapt Dalaren um Vika, og som maatte sveite noko anna enn den store Uplysningsutbreidaren Presten, som paa eit Korter fekk sitt Upplysningsarbeid med aa vigje Folk ihop betalt med 5 Dalar Pare, ofte for ei Tale som ikkje var tvo Skilling verd. Vilde nokon koma med, at Skulemeistrane kunde gjera betre Arbeid enn dei gjorde, so vilde han berre segja, at Skuldi for det, den hadde ingin annan enn Teologane; for dei var Lærarer paa Seminarskulen; og der hadde dei proppa Unggutane fulle med Dogmatik og tullut Katekiseringsøving og paa den praktiske Vegen med toskut Tavlerekning med so og so mange Strìk i den resiske Regel og kva anna Tull dei heitte, desse Teologrekningane fraa Seminarie. Og likevel hadde Skulemeistrane gjort mykje Gagns Arbeid; so det maatte vera To i dei Kultane, naar dei kunde halde seg so godt mot den teologiske Tanketyning. «Det er naturlegt nok,» sagde Økseskafte, med raud Skalle og skjelvande Munn, «at alt som heiter Kristendom, er Tanketyning for Fram; men –.» Fram flaug upp gjekk Motmannen paa Live som han vilde lære han Logik med Nevane; «Kristendom! Gud hjelpe oss for Snakk! Den resiske Regel Kristendom! Og Pontoppidan! Han vilde spyrja kvar vitug Mann: kva tykkjest De um Erik Pontoppidan? Dei skreiv i Lærebøkane sine, desse Teologkultane, at dei katolske Prestane forbaud Folk aa lesa i Bibelen og arbeidde imot Folkeupplysning; men kva gjorde dei sjølve? Jau; dei vilde ikkje gjeva Skulemeistrane lov til aa taka Aalmugskulelatinen vekk! Men Aalmugskulelatinen, det var Pontoppidan. Anten dei uppe i Fjellbygdine stappa i Ungane Paternoster paa Latin, eller dei laga Gudsfrygt hjaa friske Fjellgutar ved aa stappe dei fulle med Pontoppidanlatin, det kom paa eit ut; Prestar var Prestar anten dei gjekk med Krage eller Hette. Og so gjekk dei her og snakka um, at det var dei som hadde skapt Folkeupplysning og ein ny Skule! Var ikkje slikt Prestehumbug, so visste ikkje han hvad Prestehumbug var. «Jau det er Pinedød Prestehumbug!» ropa Røvarane fraa Apenninane med Slag i Borde.

Daniel sat og stirde paa Fram som Fuglen paa den fagre Ormen; han var rædd, men maatte fylgje med. No tok Teologen Orde og rekna upp alt det gode, Prestane hadde gjort i Skulekommisjonane; han var so vond at han tala godt. Under dette tok Strand og Rud til aa smaadrøse seg imillom; og Daniel vart gjord kjend som «ein av vaare». Strand bøygde seg i skjemtefull Vyrdsemd og sagde, at han vilde «anbefale Os Elskelig Jens Rud at overveie», nm[sic] dei ikkje «i Sagens Anledning burde have Øl»; Jens Rud ringde paa Johanne med Kaffikoppen og fekk inn eit Par Flaskur, som vart mottekne med Bravo-Rop. Fram og Teologen dreiv paa heitare og heitare. Presten i Skulekommisjonen vart uppgjevin; Forsvararen berga seg inn i ei ny Stodu og forsvara Presten i hans Sjælesyrgjargjerning; Fram vart harm yvi dette Tankesprange og tala um logisk Fusk og Raaskap i Tanken; det skaut seg som Gneistar or Augo hans. Teologen fekk Studnad av Kammeraten sin, som meinte at Sjæline vilde vera laakt tente med «Folkelærarar» som preika um Skindaude paa fyrste Paaskedag; Fram meinte at det Sjæline trong um var Upplysning, so at dei ikkje liksom Kong Saul skulde gaa og tru at dei hadde vonde Aandir naar dei var nervesjuke, eller søkje Presten i Staden for Doktaren naar dei var hypokondriske; den teologiske Sjælesyrgjaren var ein Sjæleforderver! – «Ja; ein Sjælefordervar!» dundra Kore av Røvarar.

Teologane treiv sine Luvur og gjekk; dette vart altfor ugudelegt aa høyre paa. I Døri hadde det samla seg ein Flokk Gjestir som stod og lydde paa Ordskifte; den skildest no med Laatt og Smaadrøs, og Striden vart tekin uppatt rundt alle Bord; men sùme striddest um Fram. Mange lika denne eldfulle urædde Karen, ikkje minst naar han ruska i Prestane; andre var galne paa den unge Folkeprofeten, som «vilde forstaa seg paa alle Ting, endaa han knapt hadde Skjegg paa Hoka». –

– «Skaal!» sagde Jens Rud. «Dette, Fram, er Stud. filos. Daniel Braut, Bonde og Bondeven, Republikanar, Norsk-norsk og alt det som godt er; hans Skaal!» Daniel vart raud; han visste, at han kunde ikkje svara for so store Ord; «De gjer for mykje av det gode,» sagde han. «For mykje?» skreik Røvarane; «av Øl og Radikalisme vert det aldri for mykje.» «Kva Bygd er De ifraa?» spurde Fram; Daniel svara paa det. «De hev godt Maal der,» sagde Fram; Daniel glodde. Han hadde aldri visst anna enn at Maale i hans Bygd var stygt. «Ja De er naturlegvis Maalmann?» spurde ein Røvat;[sic] Daniel totte med ein Gong at Maalsaki var rimeleg og svara ja. «Det vil segja,» lagde han snøgt til, «eg hev ikkje tenkt so mykje yvi det; men det er ein Ting, som –.» «Som segjer seg sjølv!» slutta Røvaren.

Ein ny Røvar kom, ein fullblods ein, med Armen i Band, med Tater-Andlit, med ugreidt Haar, uvaska aa sjaa til; Skjerv um Halsen hadde han i Staden for Krage; loslìtin og lurveleg var han all igjenom. Med eit uventande ljost, lett Mæle sagde han: «aa Gu' velsigne Dere, gje mej litt Øl; jæ er saa tørst.»

«Jagu er Mjøltraavaren ute!» ropa Kore. «Kor kjem De ifraa?» spurde Strand. «Han sagde so, Vaarherre til Fanden au eingong,» svara Mjøltraavaren; «og eg fær svara som Fanden: eg kjem her og der ifraa; eg hev vori ute og set meg um paa Jordi.» Mjøltraavaren fekk eit Glas og drakk; so sette han seg. Og no hadde han ei Hikstori sa han, som dei vilde gjeve Gull for, um dei kunde faa høyre ho. «Gull hev me ikkje,» sagde Strand; «men det me hev, det gjev me deg: Øl!» – «Kor mykje?» – «Det røder me um sidan.» – «De kann snyte meg.» – «Det kann du og. Hikstoria fyrst!» – «Pengane fyrst!» – «So kan det vera det same.» – «Naa, fær eg Øl etterpaa daa?» – «Ja visst.» – Mjøltraavaren stakk ut Glase sitt og rette det fram tomt: «og so fær eg eit no med same til aa mykje Munnlære med.» – Jens slo i. «Takk! Skal'n fortæle, saa maa'n smøre Halshvirvlerne saa'n aven og tel, skjønner dere,» sa han.

Og Mjøltraavaran fortalde. Han hadde som vanleg vori i Beit for Mammon; og kor Fanden skulde han faa Mammon fraa denne Gongen? Daa fekk han ein Ide. Han gjekk til «Pater omnipotens» og umvende seg. (Bravo! Laatt.) Godt og vel. Han kom til Pater omnipotens. Og skrifta for honom dei Syndine som han ikkje hadde gjort; for deim han hadde gjort skulde Fanden snakke um! Men mest av alt jamra han seg yvi, at han var komin inn i denne ugudelege Framklikken, der han hadde komi ut for so mykje Satans List og Forlokking, at han hadde vori nære paa aa tapa si Barnetru. (Hurra! Mjøltraavarens Barnetru!) Pater omnipotens vart kløkt yvi Angeren til Mjøltraavaren; han heldt ei Tale um Røvaren paa Krossen (Laatt); so spurde han kva Mjøltraavaren no vilde taka seg til. Denne svara, at han fyrst og fremst vilde «arbeide paa sin Helliggjørelse» (Bravissimo!), og at han so hadde tenkt aa freiste med Teologi (verre og verre!). Daa lagde Pater seg paa Kne; og Mjøltraavaren au maatte paa Kne (ha! ha!); og Pater bad med graatande Taarir for denne angergjevne Syndaren og Teologen i Voni. Men so var det Mammon daa. Kor skulde ein koma inn paa noko so verdslegt etter slik ei Høgtidsstund? Men han greidde det. Han bad Pater um ein Bibel. Han hadde slik Trong til aa lesa i Guds Ord, sagde han, men hadde dessverre so lite av denne Verdens Mammon, at han – sant aa segja – ikkje hadde Raad til aa skaffe seg Livsens Brød. Daa tok Pater i si Hjartans Glede upp 5 Dalar og gav han, og bad han koma att so tidt han kjende Trong til det; og Mjøltraavaren takka med fagre Ord, og var saa kløkt, at han reint ut sagt hadde Taarir i Augo – av all den Laatten han laut bite i seg.

Mjøltraavaren gjorde det godt med Sogo si. Alle lo og hadde Moro, so nær som Jens Rud; Fram var med og lo ei Stund, men vart tagall paa Slutten. Daniel heldt seg helst til Rud. Mjøltraavaren fekk Øle sitt og var svært kry. Men med ein Gong snudde Fram seg mot han og sagde: «du er eit Herk, Mikkelsen!» – Daniel vart reint glad i Fram. Mikkelsen forsvara seg; Fram sat og saag upp i Lofte og syntest ikkje høyre. Daa Deigja kom inn att sa han: «hev De Tid til aa vera Censor, Johanne!» Ho riste paa Hovude og smilte: ikkje no. «So fær de greide det so godt de kann, de daa,» sa Fram til Fylgje sitt; «men de maa tenkje som Folk, og ikkje som Skulegutar.» Han las upp det han hadde skrìvi; vilde vìta um det var stila so at vanlegt Folk kunde skýna det.

Det vart Strid um eit Par Setningar; medan den stod paa, kom ein av Røvarana burt-til Daniel, og bøygde seg ned mot Øyra hans og sagde: «undskyld Herr Braut, Di skulde ikke kunne laane mej en Dalers Penger paa en 8 Dags Tid? Jæ er tilfældivis blank; jæ skulde ha noen Penger hos en Mand, men han narret mej.» Daa lo Daniel: «je skal ut aa laane Penger sell i Dag!» sagde han. «Aa! ja; undskyld da; De tar dæ ikke ille op?» – «Nei bevars.» – «Takk.» Strakst etter kom Røvaren att: «men – undskyld – det faldt mej ind … jæ er virkelig i en slem Knipe … dersom Di nu fikk laant Penger i Da, kanskje Di da fikk saa mye at Di kunde afse en hel eller en halv Dalers Penger? Di maa ikke ta dæ fortrydeli op! –» – Daniel vart heilt forundra. Slik tok dei det her! Og han, som var rædd aa spyrja Jens Rud … – «Dersom eg fær so mykje som eg sjølv treng, er det Høgdi, – dessverre,» sagde han. Røvaren bad mange Gongir «undskylde».

Daniel reis upp; no hadde han sjølv fengi Mod til aa gaa paa. Og no fall det seg; burt-i ei Kraa saag han Strand i Samtale med Rud; og det var visst Pengar dei stelte med. Han svinga burt-um; – jau, Strand fekk ein Dalar av Rud. Med eit Mæle som skulde vera rolegt sagde Daniel: «er det fleire der?» – han raudna kring Augo. Jens saag paa Fyren og skýna kva som tids var; utan eit Ord tok han ein Femmar upp og gav han. «Takk, takk …» «Er det nok?» spurde Jens. «Ja, ja; takk … « han kunde ikkje segja meir; var glad, skamfull; sette av Stad som han skulde ha stoli dei fem Dalane.

Men den Dagen hadde Daniel lært, at ein djerv Kar kunde fikte seg fram for ei Tid med Smaalaan.

Han fekk freiste med det. Her var ikkje anna fyri. Betala skulde han so snart han fekk Huslærarpost; ingin skulde bli snytt. Og ein Post maatte han vel kunna faa, han som andre. –

– «Det er sant, du skulde ikkje kunna vera av med ein Dalar eller tvo for ei Tid? Eg skal ha nokre Pengar av ein Mann; men han hev narra meg, og eg er so i Beit!» So paa Lag lydde den Leksa som Daniel no eit Bil livde paa. Med sviktande Tunge og raudnande Andlit las han ho upp; han visste han laug, og han visste at han ikkje var velkomin. Men … naar han var nøydd til det, so –; og inst inne var der ein halvtenkt Tanke som skaut Skuldi yvi paa Vaarherre.

Paa Fyrelesningane gjekk han oftare enn fyrr; det sparde paa Veden. Um Ettermiddagen sat han for det meste paa Kaffikjellaren. Der var det varmt; og der raaka han Folk; stundom vanka det Øl; og i Bladi kunde han sjaa etter um der var «noko aat honom». Det var der ikkje; men so hadde han daa Samvite fritt.

Paa Universitete var det ein Dag utlyst ein ny Huslærarpost, og Daniel vreid seg ved Tanken um, at den laut han vel søkje. Men daa han las etter saag han, at Huslæraren skulde kunna Engelsk, og det kunde ikkje han.

So var ikkje der noko aa gjera. Og ille var det. Men det kunde vel snart koma eitkvart som var likare.

I Framsflokken møtte han ofte upp; det var so fritt i det Lage. Og mykje var der aa høyre. Fram var noko reint for seg sjølv; Daniel var stundom mest rædd han. Han sagde det han meinte beint ut; og um ein lika det eller ei, høyre paa det maatte ein. Men uvyrdin kunde han vera; ikkje minst forarga vart Daniel naar han tala um «Studenterhumbugen» og «Latin-Tulle». «Dei snakkar um halvstuderte Røvarar,» sa Fram; «men maa tru kor det finst mest av deim. Kva kann vera meir «halvstudert» enn alt dette Humbug som driv upp til Andre-Eksamen og kan snyte til seg ein Tvoar eller Einar i Filosofi f.Eks. Ja, det er feite Filosofar. Dei lærer Filosofien paa eit Par Dagar, og so gjeng dei upp. Svarar dei noko som dei tenkjer sjølve, so gjeng det Skit; men svarar dei noko som dei slettikkje skýnar, men hev lært i Boki, so er alt godt og vel. Eller i Astronomi. Me kjenner alle desse Kultane som kjem stupande i Graalysingi upp til Manuduktøren og skal pugge inn nokre Formlar, som dei snyter dei stakkars einfalduge Professorane med. Dei fær store lange Uppskriftir, som dei lærer eit Par Timar fyriaat og gløymer eit Par Timar etterpaa og aldri meir ser paa. Kor finn me i Live so mykje Sprett og Spjaak som hjaa Studenten? Inginstad. Gakk ut aa sjaa paa dette unge Livshaap upp og ned Karl Johan, med Kjenk og Vrid og Kast med Augo, med Glas paa Nasen, med Stav i Hand, med klint Haar, med Dusk i Huva, med Vott paa Hand, med Spjaak og Sprik som kvar Mann kann sjaa er deira Livs Maal. Gakk ut um Kvelden, daa dei ferdast paa Utkantane og i Krokane og paa Husi; – og alle desse skal ein Gong ut og preika Gudsfrygt og Sedeligheit og Lydnad mot Lovi. Gakk ut um Kvelden og sjaa paa alle desse Juristane som tergar Politie og vert førde paa Raadstoga og mulktera; og desse skal vera dei som skal halde Lovine uppe. Og heile denne Tomheit, og Tomheit paa Tomheit, den skal Bonden betala; og so gjeng dei endaa og slær paa Nakken og fryner med Nosi og snakkar um raabarkede Bønder og halvstuderte Røvere og segjer, at det er dei som sitt inne med Kulturen!» – Slikt hadde Daniel aldri høyrt Maken til. Det kunde vel vera eit og anna sant i det; men – segja det! Og segja det paa den Maaten!

Men naar Fram tala um den sanne Studenten og hans Gjerning, daa kunde han tala so vent, og attaat so klaart, at Daniel vart sitjande reint einstird. Der var ei forunderleg Magt yvi denne Ungdomen; han var eldfull og harm som ein Profet, og sterk og rik i Ord som ein Diktar, og tankekvass so det lynte um han. Og Augo var so reine og varme, og Andlite so sjælfullt og skiftande. Naar han tala um Trui, maatte Daniel tidt tenkje paa det som skrìvi stod um falske Profetar og um Djevelen i Engleham; for Fram var faarleg. Han kunde snu sine Ord so godt, og fekk sine Grunnar til aa sjaa so rimelege ut, at Ormen i Paradis aldri kunde ha gjort det betre. Daniel lydde paa han med halvlystin Ræddhug som Eva, daa ho lydde til det faarlege og fagre: «de skal verte som Gud»; han visste fraa sin Barnelærdom, at alt det Fram sagde um desse Ting var Lygn og Forgift; men endaa var det lokkande aa høyre paa som det skulde vera Gudsens Sanning.

Teologen Ellingstad, som høyrde med til Klikken, lagde imot; og Daniel totte han gjorde det godt, og kjende seg trygg naar han tala. Men daa vart Fram som Eld og Glod, skræmelig sterk, stundom stygg; og det nytta ikkje aa koma med Sanningi til honom; for han tok alt reint bakvendt. Kannhende var han alt komin so langt, at Gud hadde forvendt Syni hans, so han ikkje skulde sjaa? Men ein Gong sagde Ellingstad at han sjølv tvìla um mangt, og at anten vart han ein fanatisk Høgkyrkjemann, eller so vart han ein verre Fritenkjar enn baade Fram og dei andre; sidan totte ikkje Daniel at Ellingstad greidde seg so godt mot Fram, og kjende seg ikkje lenger so trygg naar han tala.

Ein Ting var det som Daniel etterkvart tok til aa tenkje paa; og det var Læra um Djevelen. Han kunde nok gjerne vilja sleppe ifraa den Artikelen. Men han kom etter, at gav han upp Djevelen, so laut han med det same gjeva upp ymse andre Ting, ja kannhende alt; det var som Djevelen var Grunnsteinen i Bygningen, Og so tenkte ikkje Daniel meir paa dette.

Men Republikanar vart han; for det kunde ikkje vera so faarlegt. Og etter det han kunde skýna hadde Fram Rett her. Det var rart at so mange kloke Folk var imot Republiken. Men naar han vart uroleg yvi dette, trøysta han seg med, at Fram var Mann for aa verja baade seg og sine, um det kneip.

Det var mange Slags Folk som gjekk her, og ymist Skrap. Var det ein Arming som var komin paa Kant med Verdi og inkje aatte og ingin hadde aa halde seg til, so kom han gjerne til Fram; og Fram kunde aldri segja nei, men laante sine Skillingar burt til kven som bad, og kravde deim aldri tilbake. Paa den Maaten sanka han um seg ein underleg Hop av Vrak og Villstyringar, som fylgde han som ein lang Skugge; men dette var ikkje «Klikken». Klikken var ein liten utsøkt Flokk av Idealistar, Bystudentar og Bondestudentar um kvarandre, ein modig Fylking som trudde paa Tanken, elska Framtidi, hadde Fridomen til Tru, Bjørnson til Skald, Fram til Rudningsmann, det nye Norig til Her-Rop; norsk-norske var dei paa Kar, og europæiske paa Kar; det var den beste Ungdomen i Norig.

Av Kjenningar raaka Daniel Hærland og Gregus Johnsen, sidan Aslak Fjordan, Markus Olivarius, Halvor Mosebø og Sven Dufva. I «Klikken» vart Daniel lagd Merke til og stundom tekin med, av di Jens Rud hadde store Tankar um Guten; men dei Tankane hadde Jens Rud fraa Verbror sin, Kapellan Hirsch. –

– Det leid til Joli; Daniel hadde fikta seg ihop ei heil Gjeld. Livemaaten hadde vori skral, og han hadde svolti meir enn ein Dag; men han hadde daa paa ein Maate berga seg.

No tok det til aa knipe. Den eine etter den andre av Kjenningane fôr fraa Byen. Og med brennande Skam hadde han gaatt etter at dei heldt seg ifraa han i seinare Tid; eit Par hadde beint ut sagt, at dei ikkje kunde laane 'n fleire Pengar. Han kjende seg meir og meir arm og forkomin. Sistpaa, daa Joli stod for Døri, og han ikkje visste nokon annan aa gaa til, gjorde han seg hard og gjekk paa Fram. Det var det verste han hadde gjort; men han gjorde det. Og han fekk ein Dalar. Daa den var uppetin gjorde han seg uvyrdin og gjekk paa Fram ein gong til. Han kunde ikkje anna! Han maatte liva! og dette skulde vera siste Gongen! Fram aatte eit Halvdalarstykke; det fekk Daniel. Men han torde ikkje koma i Klikken sidan.

Skamfull, meir og meir skamfull kjende han seg. Det var ingin ærleg Livemaate dette; ein kunde ikkje halde paa soleis. Han fekk sjaa seg um for Aalvor etter ein Post. Studenterlive fekk det vera med til sidan.

Kvar Dag gjekk han paa Universitete og saag paa Uppslagstavla; kvar Morgen, naar han var trygg paa aa ikkje raake Fram, gjekk han paa Kaffikjellaren og saag i Bladi. Der var inginting. No daa det kneip var der inginting. Han sparde og knipte paa den siste halve Dalaren sin som ein Prakkar; livde paa Vatn og turt Brød. Men Halvdalaren tok Ende likevel; og so stod han der, reint paa berre Bakken.

Det var ein sur Slafsedag i Januar. Han var svoltin og han fraus! Ved hadde han ikkje; den siste Brødskanken fekk han gøyme til i Morgo. Att og fram i Gata gjekk han og slong, slunkin og hol, vaat paa Føtane; Middag hadde han ikkje fengi paa fleire Dagar. I Kveldingi luska han inn paa Kaffikjellaren, snikjande og rædd som ein svolten Hund; der var ingin han kjende. Skulde han freiste um han kunde faa paa Borg? Han torde ikkje. Ein vart so underleg modlaus naar ein ikkje aatte Mynt; han rusla. Dreiv att og fram paa Gata og tenkte paa, um det daa ikkje skulde vera ein einaste han kunde gaa til. Daa hugsa han paa sine gamle Kjenningar Ole Bentsen og Peter Dirk. Gudskjelov! Der var ein Utveg. Dei vilde ikkje segja Nei til ein gamall Kammerat.

Han vart so glad og lett at han sette i Veg og vilde finne deim med ein Gong; dei budde paa Hægdehaugen. Men daa han kom der upp, var dei ikkje heime. Tung og trøytt gjekk han heim og lagde seg. Men han var so svolten at han fekk ikkje sova. Han maatte sistpaa upp og eta i seg den siste Brødskanken sin. Daa sovna han endeleg. Og sov tungt og lengi.

Han stod upp brennande svoltin, drakk tri Glas Vatn og rusla i Veg. Daa han kom upp til Hægdehaugen, var Ole Bentsen og Peter Dirk nettupp utgjengne. Dei kom att ut paa Ettermiddagen ein Gong.

Daniel var so klar at han knapt kunde halde seg uppe. Men Time etter Time gjekk han og drog seg; svabba i Snøsøyla Gate upp og Gate ned, til dess han kunde tru dei var heimkomne. Det var ein syrgjeleg Dag. Mat, Mat var hans einaste Tanke.

Sistpaa orka han ikkje meir. Det sleit for Bringa av Svolt; han var so utmødd at han svimra; yvi Augo laag som ei heit Tyngd. Han fekk upp og høyre etter.

Med Møde og Stræv naadde han Huse; han var so veik i Knêi. Gudskjelov. Dei var heime. Han pusta ut so godt han kunde og stivde seg upp; han vart so bljug der han stod. Det var nok ikkje sagt kor velkomin han vilde vera; og disse Karane hadde han aldri havt noko Lag med. Og no kom han og vilde laane Pengar. Men ein fekk gjera seg hard.

Han banka paa og steig inn. Godkveld. Der var myrkt inne; dei kjende han ikkje; «Godkveld?» svara det spyrjande. Det brann koselegt i Omnen; her var so varmt at Daniel svimra. Han gjekk fram og tok Ole Bentsen i Handi; «De kjenner meg kanskje ikkje att?» spurde han; Mæle vart so underleg holt og klagande. Peter Dirk, som laag burt i Sofaen og røykte, reiste seg og kveikte Ljos; Ole Bentsen drog etterkvart Kjensl paa Daniel og sagde: «aa – er det … so sjeldsynte Folk som er ute og gjeng?» – Daniel raudna og sagde at dei budde so langt av Leid. Han hadde ofte tenkt aa sjaa uppum deim; men … Tidi … So gjekk han burt og helsa paa Peter Dirk. «No, kor gjeng det?» sagde denne. «Aa Takk.» «Sit ned»; han sette seg.

Ole Bentsen og Peter Dirk saag paa Guten; glytte so til kvarandre med ei serskild Augnebragd. Dei hadde høyrt at det skulde staa smaatt til med Daniel Sørbraut; no fekk dei sjaa det. Han var gul. Kring Augo laag ein breid, sjukleg Ring. Og dei raude ruskute Skjeggflisine gav Andlite nokot villt og forkomi. Peter Dirk vart so tekin av det han saag, at han gløymde seg sjølv og spurde Daniel, um han vilde hava eit Glas Øl; «takk!» sagde Daniel og raudna av Glede. «Eg trur me hev etter ei halv Flaske sidan Middag,» sa Peter med ein uroleg Glytt burttil Ole; denne nikka. «Me held Middag heime sùmetider,» sagde han til Daniel; «ein maa laga Munnen etter Skreppa, veit De.» – «Det er vel so,» svara Daniel; han vart gul att. Peter Dirk drog upp den halve Ølflaska og slo i; men han slo berre i til tvo. Dei vil ikkje drikke med meg, tenkte Daniel; men dess meir fær eg. «Ver so god!» sagde Peter til Daniel og Ole. «Nei ver so god du,» sagde Ole til Peter. Peter tok Glase og nikka til Daniel; denne reiste seg, steig ustødt burttil Borde, tok Glase med dirrande Hand og tømde det. Aa Herre Gud, kor det smaka. Og kor det gjorde godt! Den, som berre hadde havt ein Matbite attaat … Med det same saag han at Peter berre so vidt hadde smaka paa sitt Glas. Daniel skjemdest; orsaka seg: «det er godt aa faa Øl naar ein er tyrst.» – «Aa ja-a,» sa Ole Bentsen.

Daniel gav seg i Drøs; Øle gjorde han modig. Og so galdt det aa faa Karane i Lag. Ole Bentsen sette seg i Ruggestolen framfor Borde og tagde; Peter Dirk lagde seg i Sofaen og røykte og svara ja og nei. Dei skýna so godt kva han vilde. Han hadde det Lage som merkjer Armingen, naar han er ute og skal «slaa Pengar» og veit, at det er smaatt med Tiltrui, – dette snakande og nærsøkne og attaat undergjevne; han prata og prata um slikt som dei kunde like; gjorde seg kjend og kammeratsleg; heldt med deim i eitt og alt, liksom Hunden, som diller med Rova; dei sat og ynskte Fyren til Bloksberg og vart meir og meir tagalle.

Daniel saag, kor lite dei brydde seg um det han sagde; og etterkvart som Øle seig av han, vart han arm og faamælt som fyrr. Han sat og liksom seig ihop paa Stolen; Mæle vart veikt og sviktande. Mindre og mindre Mod fekk han til aa spyrja um Pengar; men … skulde det ikkje lata seg gjera aa setja seg til aa venta til Kveldsmaten kom? Daa kunde dei ikkje for Skam Skuld anna enn beda han med seg …

Ole Bentsen og Peter Dirk sat og gjorde Augo til kvarandre. So reiste Peter seg upp og saag paa Klokka. «Kor mange er ho?» spurde Ole Bentsen. «Halv seks,» svara denne. «Aa, so mange?» sagde Ole; «ja daa fær eg nok til aa lesa.». «Ja, enn eg daa?» sagde Peter Dirk. Daniel forstod. Han vart myrkraud i Andlite og stod upp. «Ja … lid det so langt, so … fær nok eg og … heim og lesa,» sagde han. «Aa ja, det er lang Veg,» meinte Ole Bentsen. «Ja.» Daniel stod og vreid seg; skulde han vaaga det? Aa ja; han fekk ikkje meir enn nei … kunde ikkje gaa heimatt med tome Hendar; hastande, snaavande lagde han i Veg: «eg hev langt heim, ja; og so skulde eg dessutan heilt upp i Professorbyen … eg hev ein Kjenning der som eg skulde hava nokro Pengar av; men han var ikkje heime i Dag; og no maa eg –. Men seg meg … det er lang Veg, og myrkt og stygt Føre … De skulde ikkje kunna hjelpe ein Kammerat med eit Par Mark til i Morgo, De? Han stod og fingra og snudde paa Luva si og saag ut som ein Tjuv. «M-nei,» sagde Ole Bentsen stilt og blidt; «sandeleg um eg hev so mykje. Eg hev venta Pengar no i fleire Dagar; men eg forstend ikkje, kva dei tenkjer paa der heime»; og til Trygd for sidan lagde han til; «eg hev sandelea sett meg i so mykje Skuld no, at naar eg fær Pengar, so gjeng dei med same. Men, korleis er det med deg, Peter? Hev du noko? Peter Dirk sette upp eit skjemtefullt Andlit, drog fram Pengetaska si; opna ho, krengde ho; spilte Augo upp liksom i Forundring … det datt ut ein Knapp. Peter Dirk blistra. Daniel lo haast og saart; «Naa, ja-ja,» sagde han med bibrande Munn; «so fær eg burtum den andre … Det er noko langt, men … Ja Takk for i Kveld.» – «Sjølv Takk. Vel heim!» – «Takk. Godnatt.» – «Godnatt, Godnatt!» –

– Han steig ned Troppi med Ryggen krylin av Skam og svikne Vonir. Han grét mest daa han kom ut. No hadde han gjort seg til Bikkje for eit Bein, og hadde ikkje fengi Beine. Seint og syrgjeleg seig han ned etter Gata. Ein full Mann stana upp midt fram-fyri han: «er 'u rædd, Gut?» Daniel smøygde seg framum. Tvo glade unge Herrar kom spantande og røykte Sigarar som lukta svimrande sterkt: dei fyllte upp Fortoge so Daniel laut ut i Gata. Tenestegjentur kom berande med Mjølkespann og Korgir fulle av Flaskur og Brød; det var so vondt aa sjaa; Augo hans saug seg fast i dei Korgine. Alle Folk hadde Mat; alle Folk livde godt; ingen hadde ein Bite til honom.

Utanfor ein Hushaldshandel stana han; Krambudi var full av Folk. Han saag med svoltne Augo paa all den Maten som vart langa ut yvi Disken, Brød, Smør, Ost, Pylsesnabbar, Ølflaskur, Kaffifjordungar, Gryn, Erter, Flesk, Egg; og han stunde av Hunger. Med ein saar Sukk drog han seg fraa Døri, men stana ved Vindauga. Studde seg til Veggen; var so trøytt. Aksline verkte; Knei bar han snart ikkje. Aa, aa, eit Grand Mat; aa, berre lite turt Brød og eit Glas Vatn … Han stirde med Feber i Augo paa alle dei gode Ting som var uppsette i Vindauga; store Glas fulle av Kjeks, Drops, Sviskur, Sukker; paa ei Snor øvst uppe hekk digre, herlege Spikelaar, og i ei stor Korg var det Brød, store, lækre Brød, brunsteikte og ferske; Livsens Brød … Han stod og stirde; drøymde; tenkte seg den Tingen aa klembe ut ei Rute … med ein Tjøreklut, so Glase ikkje skulde single … og taka – taka det Brøde der som laag so gullfagert og lokka; so vakna han. Kulsa og fraus; samla seg ihop; sjangla i Veg att. Heim og leggje seg. Han var sjuk. Den som berre kunde faa sova. Hadde han havt Berta Maria no, skulde han bedi henne um Mat i Kveld. Ho hadde ikkje sagt nei. Aah; aah …

Ned gjenom Homansbyen sagga han med seine Stig. Gata var full av Folk; alle skulde dei heim og eta. Det var kaldt og surt. Men Ljos var det i alle Vindaugo. Og ei søt Lukt av friskt Brød og andre Matvarur slog ut fraa Krambuine som Luftningar fraa Paradis, kvar Gong Dørine gjekk upp. Kvar skulde han gjera av seg i Morgo? – Gaa til Pater omnipotens? – Ja hadde han berre vori umvend … Men kannhende … naar han vakna kom Postmannen med ein gul Setel: Til Hr. Stud. filos. D. Braut er ankommet Brev, paategnet … 10 Spd.» 10 Dalar; Brød, Smør, Mjølk, nei Øl; Ost, nei; heller ein Pylsestubb … eta godt … so til Skomakaren … nye Sko, tvo Dalar … so Middag … aa, aa, Middag! God varm Middag; kjenne seg god og mett. Og so ei ærleg Pipe! – Nei, nei. Det vart verre naar ein drøymde. Ikkje tenkje paa Mat. Ikkje tenkje paa Mat …

Der var noko som var viktugare enn Maten. Tjah. Um dei blés han so full av Aand at han vart som ein Luftballon, – han vilde vera like aandlaus for det, so lengi han ikkje fekk eta …

Heime paa Lande hadde dei det godt. Alltid sitt visse Bord aa gaa til. Det kunde vera trongt i andre Maatar; men Mat hadde dei. Kneip det, kunde dei slagte ei Ku. Dei svalt ikkje. Det var ikkje for ingin Ting at dei gamle heldt Brøde heilagt, og tala um heilage Uksar …

Kjempune hjaa Homer, naar dei vart svoltne, so sette dei Uksar paa Spit; brasa og steikte og aat; fyllte seg med ungt Kjøt og den søte Vin; det var minst fyri aa vera Kjempe paa den Maaten. Daniel saug paa Tunga si. Han kjende Smaken av ungt Kjøt og søt Vin, so Tennane vatshagla.

Han seig paa, seig paa. Kjende seg so hol som han kunde gaa tvert av; og Aksline verkte som det var Eld i deim. Sigarrøyk dreiv sterk og heit ikring han; Pianospel klunka ut fraa alle Stogur. Det var so vondt aa høyre; der inne sat Folk og hadde det varmt og lognt. Skulde eta godt til Kvelds. Og so hava sin Toddy. Han fraus. Han kjende den snøsure Januarlufti like inn paa Skinne.

Han var komin ned i Teatergata. Det tok til aa bera imot att. Men han var for trøytt til aa gaa seg varm. Ingin Stad kunde ein gaa inn heller, naar ein ikkje hadde Pengar.

Der uppe laag Trefoldigheds-Kyrkja. Der var Ljos. Der kunde han gaa inn og kvile seg? Ja. Der kunde ingin jaga han ut, um han ikkje hadde Pengar. Og kannhende han der raaka ein Mann som vilde laane han tolv Skilling …

Han drog seg inn. Der var visst Bibellesning. Den fyrste tome Stolen han saag seig han ned i. Aa Gud, so trøytt han var. Der gjekk Skjelte-Ridir gjenom han; han svimra som han kunde daane; seig ihop der han sat. Og lét att Augo. Men for dei attletne Augo dansa i lange Radir Brød, gulbrune, velsteikte Brød i Korgir og Brød i Kassur … Den som hadde eit. Den som fann eit slikt paa Borde sitt naar ein kom heim. Desse andre som sat her, dei skulde heim og hava Te og Øl til Kvelds. Med Smør og Brød og tri Slag Ost. Og uppskori Kjøt. Kannhende ein litin Rett Torsk fyrst. Dei kunde nok vera gudelege. Kva var det for noko dei song? Han kunde ikkje skilja Ordi. Men kvar Gong dei kom til Slutten av Verse tottest han tydeleg høyre noko han no hadde halvveges gløymt:

thi Gud giver sine baade Klæder og Fød', naar de monne sødeligen so-ove.»

Ja; det kunde dei syngje. Han for sin Part hadde aldri set noko til at det kom Mat eller Klæde naar ein laag og sov. Men slike Folk som desse, som ikkje var med i Framsflokken, og som ikkje livde det ideale Studenterliv, dei fekk visst baade det eine og det andre. Dei saag ut til det. Dei var baade velfødde og velklædde; det lønte seg aa vera gudeleg. Ein Kandidat eller noko slikt kom upp paa Preikestolen og lagde ut noko som Daniel ikkje fekk Grunn i. Han høyrde sùmt; men sùmt kom burt i den Omen fraa alle Veggir som svara Talaren paa kvart eit Ord, og gjorde at Tala liksom maatte vasse seg fram gjenom ein tung Motstraum. Og sùmt kom Daniel ikkje til aa høyre, av di den svidande Svolten drog Tankane hans burt.

Med ein Gong kvakk han upp og gav seg til aa høyre etter. Talaren fortalde um dei ugudelege, som livde villt og sette alt sitt Gods til i ein syndefull Livnad; og naar dei hadde øydt upp det dei aatte, so tok dei kannhende Klædi av Kroppen og gjekk til Pantelaanaren med, so dei kunde faa noko aa synde fyri. Pantelaanaren! Det Orde vekte Daniel. Der var ein Utveg. Endaa kunde han faa Mat fyrr han gjekk i Seng.

Hadde han berre noko aa setja i Pant? – Bøkane kunde det ikkje nytte med; dei var gamle og skrale. Vinterfrakken – trong han altfor hardt til; Klokke hadde han ikkje. Men Duskeluva? Ja den … Han reis upp; kunde knapt staa, men tok seg paa Tak; ut or Kyrkja bar det; heim etter Duskeluva; og so til Pantelaanaren so snøgt han orka.

Han venta aa faa ein Dalar paa Luva si. Det fekk han ikkje; han fekk tvo Mark. Men tvo Mark var Pengar det au; Daniel kjende seg heilt rik daa han gjekk ut or Pantebudi. Med ny Kraft og snøggare Stìg gjekk han paa Kaffikjellaren og fekk døyve den verste Svolten. Paa Heimvegen kaupte han Brød og Øl; daa han kom heim, aat han endaa ein Gong.

God og varm og underleg utmødd sat han der og halvsov; Øle han hadde drukki lagde noko mjukt og varmt um Panna hans mest som Ull.

Men han hadde vondt i Hovude.

IX.

Dagen etter var Daniel sjuk.

Hovude verkte med Tyngd og Klembing. Halsen var saar og vond. Ein sterk Krimsmak kleimde seg gjenom Munnen. I Sida sat ein litin kvass Styng; Feber æste gjenom Blode. Han visste med seg sjølv at han vakte; laag endaa og talma seg med den Tanken at han hadde broti Studenterlovnaden sin daa han sette Duskeluva i Pant for Mat; men underlege Synir dreiv gjenom Heilen hans; og stundom misste Tankane Fotfeste og gleid burt. Han laag og vingla millom Vaking og Vilske, i Dragsui liksom millom Medvit og Draum.

Utetter Dagen vart han verre; Feberen fekk Magti. Madam Henriksen, Husfrua, var inne og saag um han; spurde um eit og anna, men fekk berre Tøv til Svar; so sette ho inn til han slikt som ho tenkte han kunde turve; vaska Panna hans med Edik; lét Gjenta leggje i Omnen og gjekk.

Rome var lite og Lufti tung; Daniel fekk ei fæl Natt; laag og kava fraa Draum til Draum, den eine tyngre enn den andre. Ut paa Morgonstundi fekk han endeleg sova eit Bil; og daa Madam Henriksen kom inn um Fyrimiddagen var han vakin. Ho spurde um ho skulde hente Doktar. Daniel hugsa si Pengenaud og svara nei; men han vart rædd. Var han kannhende so sjuk at det kunde vera faarlegt?

Hovudverken var strid; og Styngen i Sida stengde for Pusten. Skulde han døy? Den Tanken tok han so sterkt at det var so han dovna av Rædsle. Han saag seg sjølv kvit og stiv i den svarte Kista; kjende Lukti av Likferdslin og Gravmold; kraup ihop i Sengi og freista aa beda; og so tenkte han paa det Live han hadde ført. Han saag alle sine vonde, sjølvvise Tankar dukke upp for Minne som stygge Dyr; Kaffikjellaren med all den Ølrangelen og Banningi og all den Villskapen viste seg for han som ei Forhall til Helvite; Draumane um «Studenterlive» skjemdest han yvi; alt det han hadde gjort og tenkt vart Synd og Skam og ynkeleg Daarskap. Skulde han døy no, so døydde han den ævelege Dauden; han saag det so vel. Dirrande av Fæle treiv han Tak i Sengestokken og bad, bad med spreidde, forskræmde Tankar, at han maatte faa lìva; lìva, so han kunde umvende seg. Og so kom Feberen att med sitt Tøv og sine uklaare Synir.

Slik laag han i fleire Dagar og ørska, rædd, naar han vakte, forpint, naar han drøymde; Madam Henriksen, som vart mjuk av aa sjaa paa denne Armingen, stelte for han det vesle ho kunde og skræmde Live av han med sitt Doktarsnakk, men trøysta han, daa ho forstod at han var rædd.

So vakna han ein Fyrimiddag og var lettare. Hovude var veikt og ørt, men verkte ikkje so vondt; Styngen i Sida kjende han berre naar han drog Anden djupt; Feberbranden i Blode hadde slokna. Og Madam Henriksen var snild som ei Mor; stelte Drikke og Mat til han og berre bad han segja ifraa, var det noko han vilde hava. Men inn gjenom Vindauga laag ein tindrande Solstraale.

Daa totte Guten at alt var godt og ljost, og at eit nytt Liv vakna i han. Han tenkte paa Dauden men utan Fæle; han tenkte paa Vaarherre; men som paa ein Far. Hugmjuk og veik laag han der og kvilte; og kjærlege Tankar strøymde inn paa han. Han hadde vandra gjenom Daudedalen og kjempa i Bøn um Liv og Sjæl; men no hadde han vunni; no var han frelst. Med barnleg Tillit vende han seg til Vaarherre. Han visste at Faderen i Himilen vilde hjelpe han no. Hans vonde Hjarta var bøygt og mykt; no kunde Vaarherre faa fylgje sin kjærlege Vilje. Og han bad um Naade for alle sine Syndir for Jesu Kristi Skuld; og han saag Gud Fader sitja uppi Himilen i si kvite Solskinskaape og smile ned til sitt sjuke Barn. Han vart so kløkt at han fekk Taarur i Augo; og det gjorde vondt i Hovude. No vilde han gjeva seg heilt i Guds Hand og late hans Vilje aaleine raade. Um det var Guds Vilje at han skulde døy, so vilde han fylgje Kalle utan Mothug; men skulde han lìva, so vilde han lìva som eit Guds Barn; for daa aaleine kunde han hava det godt i Grunnen. Og dersom Vaarherre i sin Visdom hadde fastsett at han skulde lìva, so hadde han nok og sine Englar, sine Tenarar, som kunde hjelpe han i dette, stakkars timelege … Daniel tenkte paa Pater omnipotens; og det maatte vera Vaarherre sjølv som hadde sendt han den Tanken.

Live skulde byrja fraa nytt av no. Han hadde aldri kjent seg so sæl og so trygg; det var Guds Fred som var yvi han no; han var visseleg umvend.

Trøytt og hiren som etter ein Rus sovna han att og sov lengi. Vakna paa nytt, med blide Tankar og Gud i Hugen og kjende seg so rein og so god. Han hadde Mathug og fekk inn noko Saftsupa, som han styrkte seg paa; og han gjorde upp med seg sjølv, at det fanst ikkje Glede i Verdi som kunde liknast med den Sæla han livde i no, etter at Syndine hans var burttekne. I tvo Dagar varde denne Sæla. Han laag i ein mild, fredeleg Tilfriskningsdøs og elska og bad, las i Salmeboki og Testamente, og hadde slik Glede i Guds Ord. Det gruste i han, naar han tenkte paa sitt gamle Syndeliv millom Ølflaskur og Tvilarar; og han lova Vaarherre, med ein litin Sukk som han døyvde, at han no vilde gjeva upp alle sine verdslege Tankar, ja sjølve det ideale Studenterliv.

Dagen etter kom han seg upp. Han torde ikkje gaa ut; men Madam Henriksen skaffa Mat og Ved; og so sat han inne og hadde det godt; aat og drakk, freista aa røykje, men Pipa hadde Usmak, og las i Testamente. Han hadde ikkje fullt so rik Glede i Guds Ord i Dag som fyrr, og Tankane hans kvilte ikkje fullt so rolegt i Naaden; men han visste fraa dei vakte, at Naaden ikkje alltid var like sterk; dessutan var det ikkje Guds Vilje at me skulde tenkje berre paa det himilske.

Denne siste Tanken letta; han lagde Testamente ifraa seg og gav seg til aa tenkje paa sine jordiske Sakir. Han vilde til Pater; no daa han var umvend kunde han med rolegt Hjarta beda denne Mannen um Rettleiding og Hjelp; og det baade i det timelege og i det aandelege. Elles vilde han ikkje beda um Pengehjelp. I sine syndige Dagar hadde han livt altfor mykje paa anna Folks pengar; no vilde han fylgje Guds Ord; og det sagde, at den som vilde eta skulde arbeide. Han vilde spyrja Pater um Arbeid. Han lengta etter aa faa tala med denne Mannen; han totte han elska han alt paa Fyrihand.

Han aat godt i desse Dagane, so godt at han skjemdest yvi det for Madam Henriksen. Men ho syntest berre vera glad for han gjorde Ære paa Maten hennar, og dessutan … ja, det sagde seg sjølv: han fekk nok betala. So aat Daniel, og aat til Gagns. Og han las alle dei Bordbønine han kunde hugse, baade fyri og etter Maten; og det var forunderlegt som desse Bønine vart høyrde. Han hadde aldri havt so godt av Mat som han hadde no. –

Daa han vart so sterk at han kunde vaage seg ut, klædde han seg i sine Kisteklæde og gjekk til Pater.

Han vart vist inn i ein ljos, fager Sal som vende ut til ein stor Hage. Ein litin bleik Solstraale stod inn gjenom Hagedør-Glase, braut seg glitrande gjenom Glasdobbane i Ljoskruna og fyllte Rome med Vaar-Tankar og Glans. Framande Vokstrar stod og lava burt ved Vindaugo med store grøne Blad; og rundt paa Veggjom hekk Bilæte av Jesus med Tornekruna, Jesus paa Krossen og den norsk-svenske Kongen; dessutan eit Par Maalartavlur med norske Landskap. Midt paa Golve under Ljoskruna stod det store runde Stoguborde med Portrætbøkar og ein Bìkar full av Helsingskort. Rundt Borde Stolar av ymse Slag, maklege og mjuke; mindre og større Gipsfigurar og Bystur stod uppstellte rundt Rome paa Hyllur eller Skaap. Ved Veggen burtimot Vindauga eit Piano, og ved Veggen innst inne ein Sofa; paa den sat Daniel no og venta. For der var ein Student inne hjaa Pater, hadde Gjenta sagt.

Daniel var uroleg. I Dag, daa han var komin ut i frisk Luft, hadde Trui vorti so veik i han. Han hadde kjent slik Glede i dette jordiske, og slik Lengt etter «Studenterlive», at han mest maatte tvinge seg til aa halde fast paa Naaden. Kor hadde det seg? – Ja for han var daa omvend? – Men so glad yvi aa faa tala med Pater som han burde ha vori, det torde han ikkje segja han var.

Det tok i Kantordøri; Daniel reis upp og budde seg til aa helse. Døri gjekk upp; «Studenten» kom, med Ryggen fyri bukkande inn-etter, og Daniel høyrde ei breid Røyst som hjartans venlegt sagde: «Herren være med dej, kjære Ven!» – Med ein Gong vart Daniel bleik, og so strakst etter raud; den framande Studenten var Ole Bentsen.

Ole Bentsen vart korkje bleik eller raud. Men glad saag det ut til han vart; han stana og sagde med syngjande Mæle: «naa, skal eg raaka deg her? det var svært hyggjelegt. So hev Vaarherre funni deg daa, – endeleg. Eg visste at han arbeidde med deg; eg saag, at han maatte brùka strenge Raadir imot deg; for du var faafengleg i Hjarta ditt og vilde ikkje høyre hans Røyst. No hev han funni deg; eg ser det paa deg; velkomin skal du vera!» Og Ole Bentsen snudde seg til Pater: «det er Student Daniel Braut; ein gamal god Kjenning. Fyrr var han eit Verdensbarn, som eg og so mange andre; men no trur eg visst, at Herren gjenom si strenge Tukt hev bøygt han.» «Velkomin skal du vera!» sagde Pater barneglad med eit veldigt Handtak; «velkomin, kjære Ven! Kom, lat meg faa tala med deg … ja, eg fær vel lov til aa segja «du»?» – Daniel stod der raud og reint fortryllt; «Takk, Takk,» stota han. «Ja Farvel daa, kjære Bentsen!» sagde Pater; Bentsen gjekk. Men Pater drog Daniel med seg inn: «kom! kom inn, kjære unge Ven!» sagde han, og lét att Døri.

Inne i Kantore var der endaa meir Sol; ho laag innyver Golvduken og Borde i tvo blide Straumar som lyste upp, so sjølve Krucifikse uppaa Veggen syntest smile. «Naa, kjære Ven,» sagde Pater, «hvordan har du det?» Han var so varm og trufast i alt sitt Lag at Guten reint var kløkt; soleis hadde nok aldri han vorti fagna. Han lyfte sine blide, bedande Augo – dei var reine og klaare som i gamle Dagar –: «eg hev havt det vondt,» sagde han. Men Pater sat midt i Straaleglansen, breid, fager, ljos; Aasyni hans var klaar, frisk, smilande som paa eit Barn; og eit smaakrulla gullfagert Haar laag som ei Glorie um Panna. Han vart glad i denne Guten, som sat der so hjelpelaus og tillidsfull; og han reis upp og lagde Handi paa Aksli hans og sagde; «ja, hev du havt det vondt, so ver trygg paa, at det er Guds Faderhand som hev vori yvi deg, og at han nok vil hjelpe naar hans Stund kjem!» Han sette seg att; dei blide Ljosblaae Augo hans var vaate av Taarur.

Daniel maatte fortelja um sitt Liv fraa fyrst til sist. Han vilde ha sprungi yvi at han hadde havt Hirsch til Lærar, men var ikkje fin nok; Pater spurde etter, og Daniel laut ut med det; daa lo Pater: «du hev vori ut-i Grundtvigianismen og?» Aa ja, paa ein Maate, svara Daniel; men Grundtvigianar hadde han aldri vori. Daa han fortalde um Studenterlive sitt vilde Pater vita um han hadde vori med i Framsflokken; til det svara Daniel like eins: han hadde vori med paa ein Maate – ein Kjenning hadde dregi han inn –; men han hadde aldri vori Framsmann. Tilslutt fortalde han um sine vonde Dagar, um Svolten og Naudi; og so um Sjukdomen som hadde lært han aa vende sine Tankar til … den rette Hjelparen; og no hadde han berre eit Ynskje, sagde han: eit Grand Arbeid, so han kunde faa fraa seg Andre-Eksamen og so taka til med det, som alltid hadde vori hans Tanke: Teologien.

Pater lika Guten. Her var paa nytt ein av desse friske, uskadde Bonde- og Barnenaturar med den rike Gaava til aa tru og elske; her var paa nytt ein Mann av Folke drìven ut av Aandi til Herrens Krig. Han spurde kvifor Daniel hadde valt Teologien. Vilde han bli Vitskapsmann? – Aa nei, so høgt hadde Daniel ikkje tenkt; han vilde vera Prest. – Kvifor det? – Jau, han hadde alltid funni at det maatte vera … ei stor Livsgjerning … aa forkynne Orde. – Hadde han kjent noko serleg Trong til aa arbeide for Guds Rike? Hadde han nokon Gong rett kjent Sanningi av dei Herrens Ord, at Hausten var stor og Arbeidarane faae? – Det kunde sjaa ut som her var Arbeidarar nok, heldt Pater fram; men, sanne Arbeidarar, Arbeidarar som arbeidde med Kall og Kjærleik, av deim var her faae, syrgjeleg faae, og Hausten, ja den var stor nok; for her laag eit heilt Folk, eit herlegt, kraftigt Folk, med Herrens Gaavur i forunderlegt Maal, som skulde sankast inn i Lødo hans. Daniel saag paa Pater med Høgvyrdnad; Pater tala seg varm.

Han drøymde stort um Norigs Folk og kunde aldri koma burt fraa den Trui, at Vaarherre hadde valt det ut til ei herleg Gjerning i Rike hans. Dei store Kulturfolki som her var so mykje Tale um, deim trudde han ikkje stort paa; dei var alle meir eller mindre skadde og mergetne av Sedløyse, Sjølvvise og Vantru; men det norske Folke stod ungt og friskt, med si trygge Barnetru og med heile si Kraft; og naar Gud her lagde si Signing til, som han visselig vilde, og som han alt paa so mange og merkelege Maatar hadde vist at han vilde, so skulde me faa sjaa kva han kunde gjera ut av oss, so smaae som me var. Sterkt vilde det Folke vera som kunde segja som Josva: eg og mitt Hus, me vil tena Herren! – sterkare enn alle Filistrane, sterkare enn alle Heidningar med deira Stridshestar og Vognir vilde det vera. Det galdt aa arbeide medan det var Dag; det galdt aa saa og pløgje og vatne, so Herren kunde faa gjeva Vokstr; daa skulde, som Diktaren sagde, «Landet over vore Grave blomstre som en Herrens Have». Varmt tala Pater; Augo hans gjekk Gong paa Gong fulle av Taarur, og det bivra um den sterke Munnen. Daniel vart uppglødd; han laut stundom tenkje paa Kapellan Hirsch.

Men daa Pater tok til aa tala um det «personlige Gudsforhold» og um Live i Kristus, kunde Daniel ikke fylgje so godt med lenger. Han vart bljug som ein Smaagut, og kjende at han i Grunnen var framand her. Og di meir Pater lagde ut um «den salige Naadestand» og Striden mot Kjøte og Freden i Voni um det ævuge Liv, dess meir forstod Daniel at han ikkje var umvend. –

– «Ikkje sant,» slutta Pater, «dette er herlegt og sælt, langt større og rikare enn all den Stordom og Glede og Glans, som det verdslege Live kann gjeva? Du hev kjent det? Du hev upplivt det?» – Daniel totte ikkje at han etter det han fyrr hadde sagt kunde svara anna enn ja. «Det gled meg!» sagde Pater; «det gled meg! Takka din Gud for dette, og takka han ikkje minst for at han hev frelst deg i dine Ungdoms Dagar, og frelst deg fraa aa koma i Lag med dei vantrue!» Dei stakars Folk; Pater hadde so vondt av deim; dei var verst mot seg sjølve. Utan Fred, utan Von, utan Trøyst og Hjelp i Liv eller Daude …

Hm, underleg nok; han hadde nyleg vori gjesta av ein av desse Armingane, ein av dei fraa Frams Klikk; rett ein fortapt Son, som hadde freista so lengi han kunde aa mette seg med det Maske som der var aa finne; aa, han jamra seg so saart yvi den Sjæle-Sott og Hjarte-Ufred han hadde røynt, so lengi han vandra paa dei Vegar! Men no hadde han funni heim att til Faderhuse; og no var han so sæl. «Og tenk: han var so arm at han knapt hadde Klæde paa Kroppen; og kann De gjeta kva han bad um? Ikkje um Pengar, ikkje um Mat, ikkje um Klæde, nei; men um ein Bibel !» – Daniel sat med Augo i Golve og skjemdest som ein Hund; «det er merkelegt,» sagde han. «Ja, det er forunderlegt,» heldt Pater fram i si djupe Glede. «Men so er det: naar Gud fær Tak paa ei Sjæl, so vert alt anna verdlaust; berre Freden med Gud, berre Orde fra honom vil Sjæli hava; og fær ho det, so hev ho ikkje Lyst til noko paa Jordi.» – «Ja, det hev eg kjent,» mulla Daniel ustødt. Pater reis upp og stappa i Pipa. «Aa ja Gud skje Lov og Takk!» sukka han; «han veit aa finne oss, han; og han veit Raad med oss. Haa! haa! Me gjeng og innbiller oss at me er so kloke og vise; men han lærer oss aa sjaa, at all vaar Visdom er Daarskap, han!»

Pater kveikte Pipa og slog inn i ein annan Tone. «De tenkte paa at De vilde hava Arbeid; var det ikkje so, kjære Ven?» sagde han. Jau, dersom der var Raad til det, svara Daniel, so vilde han meir enn gjerne. Pater sette seg att.

«Hm, det er forunderlegt,» sagde han med ein logn Smil, «eg hev nettupp ein Post som kunde høve for Dykk. Der kann De sjaa! Vaarherre er aldri raadlaus. Det er ein Huslærarpost upp paa Lande, i ei fager Bygd; – eg trur ikkje Posten er burtfest. Vil De eg skal høyre etter?» Daniel sagde so mange Takk. «Ja, eg skal gjera det,» svara Pater. «Eg tykkjer det er som Vaarherre sjølv hadde sendt deg … Du er just den, eg her kunde hava Bruk for. Høyr, du kjenner Student Bentsen?» – «Ja; godt.» – «Det er ein merkeleg ung Mann … so sterk i Trui, so ærleg i sin Dom yvi seg sjølv … Ikkje sant?» – Jau, det var vist so. – «Kva er det for andre Studentar, du kjenner?» – Daniel tenkte seg um; nemnde Hans Haugum. Maatte so fortelja um Hans Haugum; og det gjorde han paa den Maaten at han fortalde alt som han tenkte Pater vilde like. «Ja, det er merkelegt,» sagde Pater; «det er som Vaarherre hev lagt dette tilrettes for deg. Student Stensrud var her nyleg og bad meg drive paa … og no kjem du. Kva var det, du heitte?» – «Daniel Braut.» – «Daniel Braut, ja. Ja maatte du bli ein Daniel! Høyr no her upp om nokre Dagar; eg trur visst, Vaarherre hjelper deg.» Han slo Daniel paa Aksli og lo: «du er ein ægte Bondegut, Far! so still og trufast … ein sann Israelit, som der ikkje er Svik i. Eg er so glad i slike Gutar; eg er sjølv ein Bonde i Grunnen; og Bonden, ser du, Bonden, det er Mergen … «Hvad Bondens Bund kan bære, skjønt sjelden der blev saad, det er vor Folkeære og har vor Fremtid spaad!» segjer Diktaren. – Ja, lat oss takke Gud for det. – Var det noko anna eg kunde hjelpe deg med? – Daniel raudna og drog paa det; «Ja –; det kunde ikkje …» «Tala fritt!» sagde Pater. «Lat meg vera som ein Far for deg; ver ikkje rædd. Det er ikkje noko sælare enn aa vera – liksom – Hand for Guds hjelpande Vilje. De treng Pengar?» – Aa, det var … nok ikkje fritt. Pater smilte. «Nett i Dag var her ein Mann og gav meg tie Dalar, som han bad meg gjeva til ein trengjande Student … ja, er det ikkje forunderlegt, korleis Han styrer alt?»

Daniel var berga.

«Ja Herren vere med deg, daa, kjære Braut!» sagde Pater til Velfar og tok han i Handi. «Han er nær deim, som held seg nær til honom. Kom upp att um nokre Dagar, so skal me sjaa, um han ikkje hev havt ei Meining med, at han sende deg herupp. Vaarherre vere med deg. Farvel, kjære Ven!»

Daniel gjekk. Ein ny Gjest sat i Stogo og venta, «Goddag, Goddag, kjære Ven!» sagde Pater hjartelegt; «Farvel, kjære Braut!» ropa han likso hjartelegt; og Døri lét seg att etter Daniel. –

– Eit Par Dagar etter fekk han Brev fraa Jens Rud um, at i Morgo Ettermiddag Kl.5 skulde det vera Møte i Kafé Nasjonal til Avtale um «Teatersaki».

«Visvas!» sagde Daniel og lagde Breve burt. Han vilde ikkje vera med paa slikt no. Han kjende paa seg, at Pater ikkje vilde like det; dessutan hadde han anna aa tenkje paa no enn Teatergreidur.

Dagen etter raaka han Jens Rud paa Gata. «Naa,» sagde Jens, «De kjem vel?» – Ja … Daniel visste ikkje; det var ikkje so godt for han … «Billet skaffar eg,» sagde Jens Rud laagt. – Ja … men … han skulde ein annan Stad av i Kveld. «Aa, Snakk; aalvorlege Ting til i Morgo!» lo Jens. «I Kveld ventar Fedralande at kvar Mann gjer si Plikt!» – Ja ja, Daniel fekk tenkje paa det. «I Kveld Kl. 5! Kafé Nasjonal!» sagde Jens og strauk.

I Grunnen var dette her noko Filledom, tenkte Daniel. Men det kunde vera Moro aa vera med paa slikt for ein Gong Skuld og. Og han var ikkje umvend; so for den Skuld … Dessutan hadde han paa ein Maate lova … Men det var denne Pater. Ein so god Mann vilde han naudleg gjera imot.

I Tvil og Tvihug gjekk han heim, og i Tvil og Tvihug dreiv han Tidi, til Klokka var 5, og kunde ikkje koma til nokor Avgjerd. So gjekk han ut. Ein kunde alltid drive burt-etter Gata og sjaa, tenkte han; og so kunde ein taka ei Avgjerd etterkvart. Det var Meiningi hans aa ikkje vera med. Men det kunde ikkje skilja um ein tenkte noko meir yvi det. So gjekk han burt-etter Gata og tenkte; tenkte uppatt dei same Tankane som han hadde tenkt fyrr. Sistpaa stod han utanfor Kafé Nasjonal og var like nære. Tok seg eit Slag nedyvi Gata og upp att; vilde tenkje betre yvi; Tankane vart dei same, men Hugen vaks.

Flokk etter Flokk saag han koma og gaa inn; dei kom luskande som samansvorne. Det skulde vera Moro aa vera med! Byen laag saa roleg og trygg som inkje var; dei gode Borgarar drøymde um ingin Ting; men der inne i den vesle Kjellaren, inne i eit løynlegt, avstengt, Rom, sat det unge Norig og gjorde Revolusjon … det skulde vera Moro aa vera med! Tankane tagna ein for ein; Hugen vaks; at ikkje Jens Rud kunde koma og taka han med seg!

Klokka var eit Korter yvi 5. Vilde ein vera med, fekk ein skunde seg. Han hadde i Grunnen lova det … og i Grunnen var det ei god Sak … lat gaa. Han kasta seg fram mot Troppi, døyvde alle Tankar og steig paa. Inne i Kaffistogo raaka han Jens. «Naa, endeleg. Inn der!» sa Jens; Daniel gjekk. «Jacta est alea,» tenkte han.

Men daa han ein Time etter kom ut att, hadde han lova med Hand og Munn, at han vilde vera med i Kveld og pipe i Teatre av all si Magt, so snart han fraa Parkette høyrde Rope: «ned med Direktøren!» og at han ikkje vilde lata seg skræme av nokon Ting, men berre halde fast paa Pipa si og blaase. Og no visste han, at Saki var god. Fram hadde med sin eldfulde Logik vist, at Nasjonalteatre var drivi paa ein uforsvarleg Maate, so ingin Nordmann kunde finne seg i aa sjaa det i Hendane paa den Klikken som no styrde; og Daniel hadde merkt seg fleire av Frams Grunnar, so han kunde hava noko aa verja seg med, um Pater skulde faa Njosn um Saki.

Pipe fekk han av Jens Rud. Dei fleste var ute og kaupte seg Pipur etter Møte. Men andre hjelpte seg som dei kunde med Portlyklar, Barnetrompetar og anna slikt som kunde laate. Etter Staake skulde dei møtast i Kaffikjellaren att og hava ein litin Seksa.

Daniel skulde sitja i ein Bolk i tridje Rad og hava med seg Sven Dufva og ein Monsen, «Don Pedro», som Aslak Fjordan kalla han. Stormengdi av Piparane skulde sitja i andre Rad; elles var dei spreidde yvi heile Teatre. Det vilde bli ein «fyrste Rangs Konsert», so sant alle gjorde sin Skyldnad, sagde Jens Rud.

– Med bleike Vangar og bankande Hjarta sat Daniel paa Plassen sin i tridje Rad og venta paa det som koma skulde. Attum seg hadde han ein stor Slamp av ein Fyr, ein Slagtar eller noko slikt, som han lika berre so maateleg; men verre var det, at burt-i ein annan Bolk sat det ein Konstabel; vilde han blande seg i Leiken tru? Daniel spurde Sidemannen sin, Monsen, um dette. Monsen drog paa Geipen. «Han har ikke noget med at hindre den fri Meningsytring,» grein han i Fjordamaals-sekstar.

Orkestre tok til aa spéla; Daniel høyrde ikkje paa det. Med Hjarteverk gaadde han, at det var komi endaa ein Konstabel inn paa tridje Rad. Han kunde ikkje anna enn gjera Monsen kjend med dette. Monsen vreid paa sin fiskekalde Munn og sagde i grettne, snøgge Septimar: «Hva Fa'n gjør dæ da?»

Daniel vart skamfull. Den Monsen maatte vera ein modig Mann.

Det var som Lufti i Teatre var ladd med Nervøsitet. Ei uroleg Kviskring gjekk frametter Benkine som Vindpust i visne Blad; og kor Daniel vende seg saag han bleike, ventande Aasyn. Stykke hasta yver Tìle som i Feber; Spelarane forsnakka seg alt i eitt og gjorde Mistak paa Mistak. Ender og daa gjekk det som elektriske Slag gjenom Radine; det skraava i Silke og stive Kragar, og Chignonane snudde seg att og fram som Vindfløyar –: kom det no? – Men dei unge Løytnantane sat og gjorde seg morske og saag seg ikring med kannibalske Augo som sagde, at vart det noko av, so skulde nok dei halde Styr paa Herke!

Men Akt etter Akt gjekk, og alt var rolegt. Folk tok til aa tru at dei var haldne for Narr. Og mang ein Løytnant som fyrr hadde vori morsk som ein Mars, lava no med Øyro: skulde han ikkje faa Tilføre til aa vise seg Riddarsmann for sine unge Damur? Andre saag seg spottande ikring; det vert ikkje noko; det visste me!

Men dei gamle Herrane var glade. Inkje Staak; me fekk vera i Fred; Uppstyrmakarane hadde vori for veike. Kristiania var trufast. Mistenkjelegt var det alltid, at der i andre Rad var mest berre Studentar; men … dei gode maatte vera i Fleirtal.

Det leid til Slutten paa femte Akt. Uroi tok til aa vakne att; kannhende var det no det galdt. Med ein Gong vart det varslande stillt yvi heile Teatre. Daniel fekk Hjartebanking; stirde ned: – ein ung Mann i Parkette hadde reist seg; det var Føraren.

Den siste Replikken var sagd; Duken tok til aa glide. Daa lyfte Føraren Handi, og med gnellt Maal ropa han: «Ned med Direktøren!»

Det gjekk ein Sukk gjenom Salen, ei Stynjing … og so braut det laust. Ein Storm av Pipur, eggjande, ylande; feire og fleire, fraa Parterre, fraa andre Rad, fraa tridje; kvasse Fløytetonar fraa Portlyklane kom med, og Barnetrompetar i sangrande Graat; men so med ein Gong eit Brak, ein Foss av Handklapp, Tramping, Hyssing, Skraal; Teatre stod i Gov; det var som Hav i Sjøgang. Men Pipune, kvasse og tirlande, skar seg Veg gjenom Brot og Brak, kvesste paa, og kvesste paa, kvein, kvisla, kom ylande fraa alle Kantar som ei Aasgaardsreid, som Storm gjenom ein Skips-rigg. Alt var i Uro; alle Mann uppe; Lufti full av klappande Hendar; her og der Hopar av Mennar i vill Trætting, raude i Kamben, fiktande med Armane, Mennar skrikande av opne Gap Ord, som ingin kunde høyre, Ord som døydde i Staake og vart til Vind, til tom, rasande Pantomime –: «ut med Pakket! ut med Pakket!» – og so Løytnantar som stod og sagde «Fanden tordne mej» og vilde slaa til og ikkje torde. Men uppe i Radine hekk det i Krans Andlit ved Andlit utyvi Kantane; dei glodde og lo, glodde og undrast, glodde og banna, glodde og peip.

Daniel hadde fengi Pipa si upp or Vestelomma, og no skulde han til; men han var uroleg. Til aa vinne Mod glytte han paa Kammeratane sine; – Peder Monsen sat med Armane i Kross og saag ut som han aldri hadde tenkt paa aa pipe; men Sven Dufva peip so Kjakane hans stod som ein Smidjubelg. Kven skulde ein fylgje? Guten vart heilt fortryllt. Men nede i Parkette saag han Jens Rud, som stod og peip og glodde uppetter Radine … han fekk Pipa til Munnen so fort han kunde og blés; men kunde ikkje høyre noko; blés sterkare, men kunde endaa ikkje høyre … Daa kjende han ein Neve i den eine Aksli. Han skvatt so han beit seg i Tunga; torde knapt sjaa seg um. «Aa ska dettane derre vera for no'?» skreik Slagtarmaale inn i Øyra paa han, og ein vond Ølgufs kom strøymande; Daniel svara noko, men høyrde det ikkje sjølv. «Vaff'no?» ylte Slagtaren, og skreik so han vart blaa; Daniel lika seg ikkje; best aa sjaa seg fyri. Og so lagde Slagtaren Munnen til Øyra hans og skreik som det galdt Live –: «haaller itte Di Demses forbannede Snut, saa Fa'n ita mej roper itte jæ paa Kongstabeln!» – Daniel vilde vride seg ut av Neveklemba hans; men han sat som i eit Skruvested. «Stikk Pipa Demses i Sekken, Far!» skreik Slagtaren; det lukta Øl baade av Fyren og av Ordi hans. Kva skulde ein gjera? Det var ikkje godt aa vite, kva ein full Slagtar kunde finne paa; og Konstabelen vilde han ikkje hava noko med … Daniel stakk Pipa i Sekken.

Don Pedro de Monsen sat roleg som fyrr og glodde ned i Parkette; ein Kaldflir laag ikring Munnen hans. Men Sven Dufva, som nok og hadde ei Klo i Aksli si no, han sat ihopkropin som ein Tull med Ryggen uppskotin og Aalbogane til Vern paa baae Sidur, og peip so trufast og aalvorsamt som det galdt Live. Daniel tenkte med seg, at baade Sven Dufva og Peder Monsen hadde stelt seg betre enn han, kvar paa sin Maate; leid seg var han.

Eit tungt, kvævt Dunder høyrdest, langt burte eller djupt nede; Daniel visste ikkje, kva det var, og dei som peip høyrde det ikkje; det var Gongongen som gjekk. So rykte Politie fram: det hadde vorti mannsterkt no ned-i Salen. Den eine Piparen etter den andre vart tekin i Nakken og sett paa Dør; heile andre Rad vart rudd; so tok dei til aa sløkkje Gasen. I tridje Rad var det berre ein som kom i Politikløar: denne eine var Sven Dufva.

Men Sven gav seg ikkje for Politie heller. Han klora seg fast til Bolkekanten med den eine Handi og heldt Pipa med den andre og blés paa; Konstabelen maatte brùka heile si Magt til aa faa han laus. Og so laut Sven Dufva fylgje Konstabelen paa Raadstogo. –

– Dei samla seg etter Avtale i Kafé Nasjonal, – den Flokken som stod under Ruds Styring. Men dei var færre no. Dei fremste i Flokken var i Ulag; der hadde vori so mange Svikarar, sagde dei. Hadde alle gjort sin Skyldnad, so skulde det vorti ein annan Dans. Denne for.[sic] dømelege norske Ræddhug! Dette usætande, dette upaalitelege ved oss! Alltid skulde det gaa so midt i Lag; aldri kunde ein halde ihop og vinne stort. Me skulde berre sjaa, kva «Den gode Borger» sagde i Morgo –: «en Del unge Mennesker og Skoleelever … en Del Barnetrompeter … Politiet ordnet det hele i en Fart.»

Daniel hadde vori i stor Tvil, um han skulde møte upp paa Kaffikjellaren. Han hadde ikkje noko godt Samvit. Og dessutan … det, han hadde lova Vaarherre … Men endeleg gjekk han. Han vilde forsvara seg, um nokon skulde koma med Snakk, tenkte han; og so var han ikkje umvend …

«Naa!» ropa Jens Rud fornøgd, daa han saag Daniel; «der hev me daa endeleg ein sann Israelit, som der ikkje er Svik i! Lagde De Merke til honom, Karar? Han sat uppe i tridje Rad og peip som ein Devel; dei freista aa stogge han; men han berre stemde Ryggen imot, Rygg og Aalbogar, og blés paa, blés paa! Hadde alle gjort sine Ting so godt som han, so hadde det vorti anna av. Hurra for Daniel Braut!» – «Hurra! Hurra! Hurra!»

Daniel stod der raud som ein Hummar; visste ikkje kva han skulde segja. Daa den eine etter den andre kom og vilde drikke med han, vreid han seg undan; hadde ikkje fortent so stor Ros; hadde nok gjort sitt beste, men … «Aa vis-vas!» sagde dei. « Aa, lad ingin falsk Beskedenhet raade i en Stund som denne!» Og so kom ikkje Daniel til aa forklaare Samanhenge. Han drakk; drakk med deim alle: Samvite var uheilt: men full vart han.

X.

Yvi den breide Bygdi laag Hausten og tyngde med myrk Himil og vaat Luft, og Skyine hekk nedývi Aasane som svære, kvite Forheng. Cand. filos. Daniel Braut gjekk og saag paa dette; og dei sky-hulde Aasane; og Skogen som drog seg burtetter Bakkane tett og myrk som ei Natt, minte han um hans gamle Huldredraumar. Og han smilte i tunge Tankar.

– Godt at han var komin fraa Byen. Det var ingin her som skulde hava Pengar av han. Og ingin var det her som kunde stinge han med flirande Augo, av di han hadde gjort seg til «Mjøltraavar». Dei hadde ikkje sagt nokon Ting, dei der inne. Men han hadde set det utanpaa deim kva dei tenkte. Var det sant, at han hadde vori hjaa Pater omnipotens og umvendt seg? Var det sant at han sidan hadde pìpi i Teatre og drukki seg full? Eller var det so at han ikkje hadde pìpi i Teatre – og drukki seg full? Men Ole Bentsen gjekk og tala um kor skrøpelege me var, og kor snart gjort det var aa falle tilbake.

Daniel hadde vori rædd Kammeratane sine. Han hadde stengt seg inne og lesi til Eksamen, men kunde ikkje sprenglesa som fyrr; han fekk so snart vondt i Hovude. Og vilde han kvile, so kom dei urolege Tankane som ein Flugusvarm. Enn um Pater fekk vita, at han ikkje var ein «sann Israelit»! Enn um Fram og Rud fekk vita at han hadde «umvendt seg!» Ja um Hirsch fekk vita, at han hadde vorti Pietist! Kva vilde den gode Mannen daa segja? Og kva vilde dei segja, alle ihop. Han hadde stelt seg so, at ingin lenger kunde tru han.

Men det verste var, at ender og daa hadde han vori nøydd til aa helse paa Pater. Rædd var han komin og skamfull var han gjengin; for her, hjaa Pater, var han nøydd til aa vera umvend …

Aldri i sine Dagar hadde han havt det so vondt; ikkje daa han svalt dess meir.

Her uppe paa Steinsrud var det likare. Men naar det kom til Stykke var han ikkje trýgg her heller. Tanken paa Hirsch gnog paa Samvite hans, og Tanken paa Pater heldt han i æveleg Uro. Fekk Pater vita at det hadde vori Fusk med den sanne Israeliten, so fekk Proprietæren vita det med; og so kunde ein skýna kor det gjekk. Likso ille vilde det vera, um Student Stensrud, Son til Proprietæren, fekk vita meir enn han skulde. Student Stensrud var det som hadde teki Daniel god til Huslærar; men Student Stensrud kjende Daniel berre gjenom Pater og Haugum; og fekk daa han vita, at Braut var ein gamall Framsmann og Pipeblaasar …

Det galdt aa fara varlegt. Det einaste som kunde berge han, um gali skulde gaa, var, um han til den Tid kunde faa Proprietæren paa si Side. Det fekk han daa freiste paa. Og han gjekk sin Husbond under Augo som han best kunde.

Han var komin hit i den Tanken at han vilde sone for si Synd mot Kapellan Hirsch gjenom sitt Lærar-Arbeid: han vilde lære dei tvo smaae Stensrud'ane aa tru paa Aand. Men daa han strakst kunde forstaa paa Proprietæren, at denne ikkje lika den aandfulle Metoden, gav han Tanken upp. Syndi mot Hirsch fekk han sone sidan; det var ikkje for honom aa hava nokon Vilje no. So tok han til aa halde Skule paa den Maaten som han hadde lært av Kandidat Massmann.

Dessverre var det lite Framtak i Gutane. Dei var tunge og dauve, og han lika deim ikkje. Arbeide med deim var som aa skvette Vatn paa Gaas. Etterkvart gleid daa Daniel yvi i den vanlege aandlause Latinskulemaaten: høyrde Leksur og var like sæl. Men naar Fru Andrine spurde etter um Sønom sine, sagde Huslæraren, at han trudde det var emnelege Gutar. Dei hadde ikkje raatt or enno; men dei kom seg nok. Ein kunde i Grunnen ikkje forsvara aa segja anna til ei Mor heller, tenkte han.

Fru Andrine var andre Kona til Proprietæren; fyrr hadde ho vori Hushalder hjaa gamle Provsten. Ho laga god Mat og styrde Huset godt; meir kunde ho ikkje, og meir kravde ingin av henne. Den som hadde vori uppvaksin i eit slikt Hus! tenkte Daniel tidt; ein kunde ha vori anna til Kar daa. Og um gamle Ole Johannes Sørbraut hadde vori so mykje til Mann som Proprietær Stensrud, – enn alt det vonde ein kunde ha sloppi, og alt det gode ein kunde ha havt! Men ein fekk tru, at Vaarherre hadde ei Meining med alt. Han hadde vel set, at Daniel ikkje vilde hava godt av gode Dagar. Hadde han vori rik, so hadde han no kannhende vori ein Ranglefant.

Proprietæren var ein Mann paa 58, roleg og stød, klok og tung. I sine unge Dagar hadde han, som han sjølv segde, vori «eit Stykke av en Fusentast»; men Alderen og Røysla hadde lært han aa sjaa meir «allsidigt» paa dei fleste Ting; og no var han 4de Supleant paa Embættsmannslista. Med den fyrste Kona si hadde han fengi Pengar, – «og daa var det, at han vart moderat», fortalde Jaabækianaren Lærar Borreberg; sidan «gjorde han eit Slag til Høgre for kvart Tusund, han tente, og var no so kvit som ein Messehagel». Han tala alltid med stor Vyrdnad um den akademiske Daning. Utòlsam var han ikkje. Det einaste han kravde av Folk var, at dei skulde vera upplyste og sjølvstendige, so dei ikkje tok si Meining paa Borg korkje hjaa «Folketidende» eller andre, og ikkje lét seg drive av kvar Lærdoms Vind eller lokke av kvar Frasemakar; men det hadde han Rett i. Um dei «folkelege» sagde han mange Ting som Daniel vilde ha motsagt, dersom det ikkje hadde vori for det at han no laut fara varlegt.

Med den fyrste Kona si hadde Proprietæren havt 3 Born. Av dei var Student Stensrud den yngste. Den næstyngste heitte Louise og var gift med Grosserar Storr i Kristiania; den eldste, Frøken Hanna, var heime.

Denne same Frøken Hanna gjekk for aa vera 26 aar. Men Daniel trudde ho maatte væra eldre. Ho hadde vori i Kristiania paa ein Skule og var Dame; gjekk byklædd og stellte med Finarbeid og Pianospel. Daniel var litt brydd saman med Frøken Hanna; kva skulde ein segja til slik ei? Av Romanane visste han at det var ein serskild Kunst aa tala med Damur: dei skulde hava sin eigin Kost, dei; og den kunde ingin laga som ikkje var dertil uppærd. Men etterkvart kom han i Drøs med henne likevel. Og det paa den Maaten at han fekk laane Bøkar hjaa henne. Og daa dei fyrst var kjende gjekk det av seg sjølv. Det viste seg, at ho ikkje var so vanskeleg aa samtala med endaa. Det ho helst vilde høyre um var Kristiania. Studenterlive med. Daniel fortalde det han visste um dei Ting; dikta so smaatt naar det galdt aa gjera Emne forvitnelegt, og tagde med slikt som han ikkje trudde ein kunde segja til ei Frøken.

Ein Gong kom han til aa nemne at han kjende Hans Haugum; sidan maatte han fleire Gonger fortelja um honom; ho kjende 'n ho og. Han hadde vori her uppe sùme Tidir daa Mor livde, fortalde ho; Mor var komi fraa hans Bygd og hadde kjent Foreldri hans. Ein Dag daa Haugum hadde vorti nemd, sagde Hanna: «no er han forlova; det veit De vel?» – ho stod burt-med Glase og saag ut. «Nei?» undrast Daniel; «naar gjekk det for seg?» Det var nyaste nytt; Hanna hadde havt Brev um det fraa Louise. «Jaso?» Daniel var ikkje stød paa um han lika Tidendi eller ei; det kom so uventande.

Sjølv var han ikkje trulova enno. Eit Par Gongir hadde han arbeidt med eit Brev til Inga i Sùmar; men han hadde ikkje fengi det til. Han kunde liksom ikkje finne Ord; det vart so kaldt og tomt det han skreiv; Ulukka var, at han so sjeldan saag henne. Og Elskhugen trong Næring som alt Liv.

Noko serskilt og reint urimelegt hadde Daniel òg aa undrast paa; det var komi upp for han i den siste Tid, at han enno ikkje hadde gløymt Berta Maria. Ja at det vonde som hadde hendt henne, det var hans Skuld! – Ei Natt etter han var komin her upp hadde han drøymt so vent um henne. Han totte ho sat paa Fange hans, og han heldt henne um Live. Ho lagde seg tett inn til han og heldt han um Halsen, og laag i Armane hans so mjuk og so varm. Og ho grét av Elskhug og Sorg; han kjende det taarevaate Andlite inn-imot sitt; han var so glad og sæl at han kysste henne. Men ho bad at han ikkje maatte vera vond paa henne; det galne ho hadde gjort, det hadde ho gjort av di ho elska i Vonløyse ein, som ho ikkje kunde faa … og ho smøygde seg tett og varmt inn-aat han. Daniel vart hjarteleg glad; han kysste henne ein Gong til, og vakna. Men endaa kjende han det taarevarme Andlite inn-imot sitt, og den mjuke, mjuke Kyssen; han var varm i Armane etter henne, og trivla ikring seg i Forundring for ho ikkje var her.

Denne Draumen hadde lìvt i han siden; og som ho hadde vori i den hugsa han henne; drøymde Draumen upp-att med vakne Augo og hadde ikkje Magt til aa drive han fraa seg. Det kunde ikkje vara lengi med slikt Tull; men so lengi det stod paa kunde det lite nytte aa bêle til Inga; for ho vilde nok skýna um der var Aalvor i Leiken. Dessutan, so lengi ein ikkje hadde Embættsprøva …

– Daa det leid ut-paa Hausten var Frøken Hanna alt so kjend med «Kandidat Braut», at ho stundom fylgde han, naar han var ute og reika. Daniel kunde ikkje anna enn finne det staut, at ei Dame heldt Lag med han; men det hadde vori vel so gildt, um ho hadde vori fagrare. Frøken Hanna var, som Far sin, og Bror sin, storbygd og i godt Hold, men bleik i Hudi; Andlite var stort, Haare ljost, Augo rolege og late. Daniel gissa paa, at ho kunde vera 28 Aar; finaste Ungdomsblomen var burte; Huldresløre, Draumen, Trolldomen, det, som ingin kan utsegja, – det var der ikkje; han kunde tala med henne so mykje han vilde, men var like kald. Hadde ikkje dette vori, so kunde han kannhende komi til aa kjenne seg heime paa Steinsrud.

Eit Par Kveldar um Viko var det Whist og Toddy; men aldri meir enn eit Glas, og aldri lenger enn til Klokka ti. Ender og daa var Lensmannen der; stundom sjølve Presten. Morosamt var det ikkje. Og naar Proprietæren Gong etter Gong sat og lagde ut um, at det galdt aa vera «sjølvstendig», so ein ikkje lét seg drive av kvar Lærdoms Vind eller lokke av kvar Ordmakar, – so vart Daniel stundom rædd at Proprietæren meinte dette paa honom.

For Daniel hadde ikkje vori sjølvstendig. Han visste det no. Han hadde havt det med aa meine som dei han mest var i Lag med; og naar han hadde høyrt ei Meining framsett med Fynd, so hadde han teki den god og gløymt det han fyrr trudde. Meir enn ein Gong hadde han høyrt Folk tala um, at ein skulde hava «sjølvstendige Meiningar»; men han hadde aldri rett lagt Merke til det. Han var heimangjord med den Trui at det galdt aa hava rette Meiningar; og det kunde han ikkje koma ifraa enno. Kva nytta det aa tenkje sjølvstendigt, naar ein tenkte gali? Og ein kom snart til aa tenkje gali, naar ein litte paa sitt eigi Vìt. Fram og Rud og slike, dei var visst sjølvstendige nok, men so var dei Rasjonalistar. Og kor langt vilde dei koma med det?

Det nytta lite aa vera sjølvstendig, naar ein skulde døy. Daa galdt det aa hava den rette Trui. Hadde ein ikkje den, so gjekk ein til Helvite kor sjølvstendig ein var. Og her i Verdi var det i Grunnen paa same Maaten: vrange Meiningar øydelagde sin Mann.

Det maatte lata seg gjera og tenkje baade sjølvstendigt og rett; og det var det Folk meinte. Men korleis ein skulde naa fram til det? – Han orda ein Gong innpaa um dette for Proprietæren. Denne svara, at det galdt aa vilja det rette. Vilde ein finne det rette, so fann ein det; men lét ein Tanken laupe sjølvstyrd og var like sæl kor det bar av, so kunde ein snart koma paa Villgras. Dette fann Daniel rimelegt; at det var Viljen det galdt um hadde han alltid høyrt. Men fullklaart vart det ikkje; Tanken vilde helst gange sine eigne Vegar den; og det var ikkje aa lite paa at Viljen kunde halde Leidi.

Nei; tenkje sjølvstendigt var ikkje greidt. Um ein berre vilde taka ein slik Ting som denne Republiken … Ja; ein kunde tenkje upp Grunnar baade for og imot. Men dersom no Grunnane for og imot var like sterke? Eller dersom Grunnane for var sterkare enn Grunnane imot, og so ein ikkje vilde vera Republikanar?

Ein leitte vel daa etter Motgrunnar, til dess ein fann deim. Eller ein granska Grunnane for og fann ut, at dei ikkje var so sterke som dei saag ut til. Kunde ein daa segja at ein hadde tenkt sjølvstendigt yvi Fristaten?

Men um det no skulde hende, at Fristaten var det rette likevel? Der var kloke Folk som trudde det. Kloke Folk baade for og imot; og kvar hadde sine Grunnar …

Det som det galdt um var vel, kva ein skulde gaa ut ifraa. Gjekk ein ut fraa det eine, so kom ein hit, og gjekk ein ut fraa det andre, so kom ein dit; og den som ikkje hadde noko aa gaa ut ifraa, han vart gangande i Ring, som Mann i Myrkeskodd.

Som han gjekk og mynstra med dette, kom han til aa minnast nokre Fyrilesningar han hadde høyrt paa Universitete yvi Etik. I dei Fyrilesningane hadde Professoren lagt ut um dei ymse Riksformine paa ein so klaar Maate, at Daniel aldri kunde tenkjast til aa faa betre Grunnar i den Saki; og dei Fyrilesningane hadde han skrivi upp. Dessverre hadde han deim ikkje med seg; han hadde laant deim burt til Halvor Mosebø. Men hadde han havt deim her, so kunde han berre lesi deim godt igjenom; so hadde han havt so gode Meiningar med so klaare Grunnar som nokon Mann kunde ynskje seg i den Saki. No var her ikkje Raad med det; han visste ikkje kvar Halvor Mosebø budde dessmeir.

At ein ikkje kunde hava det i all Ting som i Trui: at ein hadde det rette og sanne fastsett! Ei litande politisk Katekisme vilde vera ein umissande Ting for ungt Folk. Som det no var stod ein mest uppraadd. Skulde ein tenkja utan Rettleiding, var ein som eit Skip utan Kort og Kompas. Det kunde hende ein fekk ein god Tanke. Men kor kunde ein vita um Tanken var galin eller god?

Vilde ein spyrja andre til Raads, kom ein ikkje stort lenger. Det var likso mange Meiningar som det var Meinarar, og kvar heldt si Meining for den einaste rette. Og alle hadde dei Grunnar i Hopetal. Det var nok ikkje kvar Manns Sak aa finne seg til Rettes i slikt eit Babel. –

– Slikt gjekk den unge Kandidaten i Filosofi so mang ein myrk Ettermiddag og braut Hovude sitt med; og han lika seg ille. Men naar han saag paa dei høge Aasane som stod og gjorde seg fagre og klædde seg um og um med Skydukar og graakvitt Taake-Lin, eller paa Skogen som drog seg burt-etter Bakkane myrk og endelaus som ei Sorg, daa tenkte han paa Huldri og paa Berta Maria. Og han kjende slik ein sugande Saknad. Aa, um han hadde eit Menneskje som forstod han, heldt av han! Aa, um han hadde ei, han kunde elske! Her gjekk han so aaleine som ein Tjuv um Natti.

Men naar han kom til Kveldsborde og høyrde Proprietæren, og stundom Lensmannen eller Presten, sitja der og leggje ut um alle Ting, og vera so trygge i sitt, og vita so god Greide, so sukka han med seg sjølv og tenkte: sæle er dei gamle som hev alt uppgjort og greidt.

Lensmannen var ein gamall høg, graa Ungkar med strame juridiske Andlitsdrag og ei Nos som ein Bløyg; Jurist var han, og Embættsmann vilde han heite. Men Presten var den Pastor Ring, som Daniel ein Gong hadde raaka ut for hjaa Grosserar Helle. No var han komin hit; og her hadde han eit framifraa godt Kall. Han var eldre aa sjaa til no; men hyggjeleg og vyrdsleg. At Herr Braut ikkje var Jaabæksmann var han glad med aa høyre; «det vil ogsaa i høi Grad glæde Deres gamle Velgjører, Grosserar Helle,» sagde han. Gudskjelov; Grosserar Helle var komin seg uppatt no; han dreiv ei Forretning som alt var i god Gang; og han vilde visst snart vera i full Velmagt. «Aa ja; Herren glemmer ikke dem, der gjøre vel.» Daniel sat og tenkte paa, um han kunde vera god-for endaa ein Gong aa beda Grosserar Helle um Pengehjelp; men det fekk vera siste Utvegen i alle Tilfelle.

Det var staut aa kunna vera i Lag med so gilde Folk som desse. Den som berre hadde havt sine Sakir i Orden; den som ikkje hadde havt noko aa vera rædd! Han hadde aldri tenkt at ein Student kunde hava det som han hadde det no. Naar Posten kom til Gards, eller naar Proprietæren kom heim fraa ei Byferd, kjende han seg aldri trygg; og daa Hanna ein Dag fortalde at det skulde koma Byfolk her upp i Joli, vart han reint uroleg. «Det kjem upp! Du skal sjaa, det kjem upp!» sagde han til seg sjølv. Stundom gjekk han og fælte for, at han kunde faa sjaa Namne sitt paa Prent – jamsides med Frams – i «Den gode Borger».

Men «Den gode Borger» sette ikkje Namne hans paa Prent. Daniel maatte i det heile undrast paa, at Blade ikkje var verre enn det var. Det hadde betre Grunnar for seg au enn han hadde tenkt. Det inneheldt ymist stygt mot dei folkelege, ja endaa eit Par harske Ting mot Kapellan Hirsch; men vilde ein vera rettvis so fekk ein hugse paa, at Blade saag alle desse Ting med sine Augo.

Stundom vart han tekin av den Tanken, at kannhende var det «Den gode Borger» som havde Rett likevel. Det tala so myndigt og so kunnigt, og avviste dei «folkelege» med slik Kraft, at ein mest maatte tru paa det. Alt dette Skravle um Fridom og Folk og Aand og Idear, det var visst Frase? Ein fekk taki Verdi som ho var; og det forstod daa visst «Borgeren» betre enn Idealistane.

Men so kunde han raake Lærar Borreberg ein Dag; eller han kom til aa hugse sine gamle Venir og Lærarar, Hirsch, Bliland, Haugum, Jens Rud; og daa saag han at «Borgaren» hadde Urett. Noko Urett daa visst. Dei andre hadde kanskje ikkje heller fullt ut Rett … aa, den som kunde finne Millomvegen!

Det maatte vera noko som laag midt imillom her. Dei gjekk for vidt paa baae Sidur; ein maatte kunna forlike desse Motsetningane. Og han mintest det han hadde høyrt av Professoren um aa «mediere», semja motstridande Ting i «en høiere Enhed»; gjekk og bala med det ofte. Han vilde gaa ut fraa dei Grunntankane han hadde fraa Hirsch; so vilde han taka med so mykje han kunde fraa «Den gode Borger»; so maatte han ikkje koma i Strid med Pater heller; han fekk sjaa aa koma so godt til Lags som han kunde med Fram og Jens Rud au; for det vilde ikkje vera greidt aa bite i Kjeppen med deim heller, um det skulde koma til eit Ordskifte. Men di meir Daniel stræva med alle desse «Motsetningane», di meir hovudgalin vart han.

Den som kunde ha vori modig! Det beste vilde vera aa taka upp sine Meininger fraa fyrr; vera «folkeleg» som i gamle Dagar, og forsvara sine Meiningar med Nebb og Klo, baade mot Proprietæren og mot dei andre. Men slikt var ikkje tenkjande paa no. Han var ikkje sin eigin Mann; andre hadde Magti yvi hans Liv og hans Lagnad; vilde ikkje dei hjelpe han fram, so stod han der. Sistpaa saag han ikkje meir enn ein Utveg. Han fekk tru paa sine gamle Meiningar so fast han kunde, men tegja med deim til dess han kom vel herifraa. Det kunde aldri bera til aa gaa her og vera 24 Aars Kar og Kandidat i Filosofien og ikkje vita kva ein meinte! –

– Ein Ting kunde han gjera som vilde hjelpe'n til aa kjenne seg meir vaksin, og det gjorde han: han lét Skjegge gro. Det meinte han kunde hjelpe ikkje so lite; og so slapp han au det Brye aa raka seg.

XI.

Store Jolaften kom Student Stensrud fraa Byen med sine Framandfolk; Grosserar Storr og Louise fylgde.

Det var mykje og fagert Folk. Sjølve Grosseraren, som Daniel hadde tenkt maatte vera ein fæl Guanokrat, var ein litin snøgg, stillfarande Mann, mager og nervøs med smaae, sjøgrøne Augo; Fru Louise var i godt Hold liksom Syster si, men fagrare. So var det Studentane: den digre, koselege Bang Block; Ekstraskrivaren Becker, raudhærd og lang; Kopist Petersen, høg, blid med blank Skolt og Brillur; Cand. filos. Viborg, ung og aalvorsam, fager som ei Møy, og Medisinaren Knutzon med sin store Adelsnase, sin fylluge mjuke Munn og sine muskne, graae Augo. Det var fine Fiffen alt; det lyste av kvite Kragar og Smil og blenkte av Lorgnettar og snøgge Augo. Daniel gjekk og krulla paa sitt unge Kinnskjegg og tenkte med seg sjølv, at i dette Lage saag Proprietæren og Son hans ut som Bøndar.

Han var ikkje lenger rædd. Um Karar som desse visste noko, so hadde dei Folkeskikk og tagde. Og fraa Pater hadde Student Stensrud ei Helsing som gjorde Daniel samvitstrygg og glad. Hadde Pater ikke høyrt noko no, so fekk han ikkje høyre noko heller.

Dei kunde ikkje gaa til Bords fyrr Lensmannen kom. Men det vilde vera Synd aa segja at her var langsamt. Samrøda hadde kveikt i med ein Gong, og brann som Eld i feit Furuved. Kva dei tala um var ikkje so beint aa segja; det var ikkje um store Spursmaal. Men det merkelege var, at Samrøda var aandfull like godt. Den eine Smaavitsen kom sprutande etter den andre som Gneistar av Staal; Ordleikar og Hermestev flaug som Rakettar; det var ein lysande Leik med inginting, eit Eldverk av Ord og lette Tankar.

Daniel tok til aa grùna, der han gjekk og sveiv. Det han her høyrde og saag, var det som han alltid hadde drøymt um og lengta etter: Herremanns-lage, den fine Svingen. «Fram» og dei der inne gjorde Narr av det som fint var og kalla det Sprik og Spjaak og tomt Fjas, og Aslak Fjordan kunde storlæ, naar han saag ein «Fjongfole» av rette Slage; men det kunde ikkje Daniel lenger forstaa. Den fine Svingen var Adelsmerke. Latin kunde kvar Mann lære, og Aands- og Hjartedaning kunde ein alltid faa; men det som det galdt um, det som tilslutt skilde millom Folk og Fant, det var dette her, som Aslak Fjordan lo aat, men som «Borgeren» kalla den formelle Daning.

Gutar som desse var dei sanne Studentar. Dei hadde sin Eksamen paa regelrett Vis; dei hadde den Upplæring som ein Student skulde hava; dei var comme il faut i det eine som i det andre. Og slike Studentar kunde lìva ideelt. Dei drakk seg ikkje fulle naar dei vilde vera glade, og vart ikkje ville naar dei var lystige; og kor fritt dei skjemta, dei braut aldri paa den fine Folkeskikken. Dei hadde Aand og Vìt og fin Form; alt det dei gjorde var fagert og svingfullt; men Bondestudentane var Bønder kvar ein gjorde av deim. Han tenkte med Uhug paa det Studenterlive han sjølv hadde livt. Dette tunge Staake med Strid og Politik og Øl og daaleg Toddy, det kunde vera for det det var, men ideelt var det ikkje, og Studenterliv var det ikkje heller.

Grosserar Storr sat i Sofaen og smaaprata med Frøken Hanna; Herrane Knutzon og Viborg hadde gjevi seg i Drøs med Fru Storr. Ikkje i Drøs, men i Konversasjon; og det var forunderlegt so fint som dei kunde te seg. Daniel gaadde etter alt, so han kunde lære; og han gjorde upp med seg sjølv, at naar han kom til Byen att, vilde han gaa paa Danseskule.

Dei andre heldt Lag med Proprietæren. Bang Block sat og var morosam, Becker var løgleg og kvass; Petersen kunde og vera løgleg; men han lo aat sine Skjemtord sjølv; og ender og daa kunde han sjaa taapin ut med sin blanke Skolt og Brilleaugo og den breide Fliren. Men naar Proprietæren kom halande med sine Setningar, var det som naar ein Plog-Gamp vilde danse millom Cirkushestar. Keivelegt og svìplaust kom det, so dei andre laut liksom hjelpe 'n med aa faa noko ut av det; og daa kunde det glimte i Augnekrokane deira som lette Skimt av Laatt eller Spott; og endaa i Ordi tottest Danial stundom kjenne at det sat Oddar løynde eller laag Baktankar. Det var Gutar, som kunde snu seg!

Lensmannen kom, og dei skulde til bords. Som dei gjekk aa masa med dette kom Daniel til aa høyre nokre Ord, som fall millom Knutzon og Viborg um Fru Storr. «Hva synes du om henne?» sagde Herr Viborg. «For meget Fedevarer,» svara Herr Knutzon. Daniel kvakk, men tenkte han maatte ha mishøyrt seg. Etterpaa saag han Viborg kviskre noko til Knutzon med ein Smil … han forstod ikkje den Smilen. Men sidan kunde han ikkje so godt like Herr Viborgs gjentefagre Andlit.

Ved Borde gjekk Samrøda med jamt aukande Liv. Bang Block, Fru Storr og Lensmannen tok til med eit Ordskifte um Namne «Ribbensbærstek»; Becker, som hadde vori utanlands, fortalde um den Kunsten aa «skjera fyri», ein Kunst som me ikkje kunde her hjaa oss; so kom dei i Ordkast um den rette Tidi til aa halde Middag. Grosserar Storr vilde me skulde taka upp den engelske og franske Skikken med Middag Klokka 6; dei andre, og iser Fru Stensrud, forsvara den norske Middagstidi. Men Storr heldt paa sitt. Fekk ein Middag Klokka 2–3, so var Resten av Dagen øydelagd; Middag skulde ein hava naar ein var ferdig med sitt Dagverk. I Arbeidstidi, Klokka 12–1, skulde ein taka seg ein Lunch; ikkje det Grand meir. Men heldt ein Middag Klokka 2–3 um Dagen, so skulde ein ikkje hava Lunch! Dette at dei tok til med Lunch her hjaa oss med vaar Middagstid, det var … det var Barbari. Me tok upp Skikkar fraa Utlande, men tok dei upp raatt, umelta, utan Tanke eller Samanheng; Lunch i eit Land, som heldt Middag Klokka 2, naar Lunchen hadde sin Grunn og Rett i at Middagstidi var Klokka 6, skulde nokon høyre slikt? Det var som naar Villmannen stasa seg til med Flosshatt, men gjekk … skinklædd elles, og so trudde at han hadde gjort eit Framstìg i Kultur. Det gjekk ikkje lett for Storr aa faa segja det han vilde; han trivla etter Ord og stræva med Tanken; men sagt si Meining fekk han. Domane hans fall stride; heile Matstelle vaart var Slarvestell og nasjonal Uppøyding; daa lyfte Proprietæren Glase sitt og bad Gjestina velkomne til Bords.

Andre Ting kom upp. Bang Block fortalde paa sin morosame Maate um Jolegrisen, som vaare gjæve Fedrar steikte heil og aat med Tolekniven og drakk Porsøl til; og naar dei var mette, kasta dei Beini i Hovude paa kvarandre. Og kom dei rett i Godlag, so bar det ihop med Øksir og Sverd; det var «mye til Julemoro». Petersen fortalde Jolesegnir som han sjølv lo aat; Proprietæren priste Upplysningi; Student Stensrud fortalde um Folketruir: uppi Fjellbygdine trudde dei paa underjordiske Soldatar som hjelpte Nordmennane naar det var Krig; det var dei som gjorde at Svenskane alltid skaut for høgt; dei gjekk usynlege fram imot dei svenske Soldatane og lyfte Byrsepipune deira upp naar dei skulde skjote; Daniel totte Segni var fager. Men Storr sagde at han aldri hadde høyrt noko so norskt: liggje paa Latsida og lite paa Trollhjelp. Lensmannen vilde likne denne Segni ihop med den gamle um Holger Danske; og det var vel ikkje fritt for at Danskarne for nokre Aar sidan enno so smaatt hadde trutt paa den Segni. «Hi-hi; ja kor var Holger Danske i 1864?» lo Petersen. «Han var vel klok og heldt seg heime liksom me,» svara Becker. Kremting kring Borde; so eit stutt Ordskifte, som slutta med at me var der me skulde vera i 1864. Daniel undrast; var det fint aa meine so no?

Dei livde godt der dei sat; Godlage vaks. «Apropo!» sagde Proprietæren, «kor hev gamle Jokum det i desse Dagar?» Aa, Jokum hadde det bra. «Je traff ham for no'en Dage siden,» sagde Becker; «Far aa je var ute en Tur med Jaabæk …» «Med Jaabæk!» skreik Petersen, «med Jaabæk!» ropa Fru Storr, «med Jaabæk!» ropa heile Borde; «ja,» svara Becker rolegt, «med Fars Hest.» Stor Laatt; Fru Storr skreik «Uh»; Knutzon dømde at gamle Byraasjef Becker var en quick patron; Viborg trudde at Jaabæk burde faa vita at han no stod paa Stall hjaa ein Byraasjef; «ja, det burde han, Jaabæk plage meg!» lo Herr Petersen, som og kunde vera løgleg. Fru Storr hadde vondt av Hesten, Stakkar; han fekk visst mang ein ufortent Piskesmekk for Skuld det Namne, var ho rædd. Men det trudde ikkje Becker. Hesten fekk nok høyre eit og anna politiskt Foredrag; eitkvart Fantorde med so ender og daa; men … Jau; ein Gong hadde han fengi ei god Rundjuling for Namne sitt likevel. Løytnant Schmell hadde vori med paa ein Tur; so fekk han høyre at Hesten hadde dette Namne; dermed treiv han Svìpo og Taumane og reiste seg i Sleden: «naa, saa ska du da Fa'n tordne mej –!» skreik han; og so fekk Hesten Juling so han berre stod paa Bakføtane og dansa; dei maatte stogge Løytnanten med Magt. Men kunde ikkje anna enn læ, naturlegvis. Nei ha-ha-ha, naturlegvis! Men Block, som var en Hesteven, sagde at det var Synd aa gjeva ein Hest eit slikt Namn; for ein Hest var daa eit Dyr, som ein heldt av; og fekk han ein Hest nokon Gong, so vilde han kalle han upp etter ein av sine Venir; Ordstriden døydest av i Laatt; gamle Jokum vart gløymd.

Dette lagde Daniel Merke til; og han spurde Hanna, som han hadde til Borddame, kva den Jokum var for ein Kar. Aa, det var ein gamall Kaptein, sagde Hanna; Jokum-Namnet hadde han fengi av di han var so rar. – Var han rar? – Ja, han fann paa so mange Ting, og gjorde so mykje gali; og so fekk «Bondevennen» og dei Folk so mykje aa snakke um. Sistpaa gjorde han nok Skandale paa ei Vis – men det visste ikkje Hanna Greide paa –; og so fekk han Sverdordenen. «Sverdordenen? naar han hadde gjort Skandale?» – Ja, for at han skulde gaa sin Veg. – «Aa, so. Gjekk han sin Veg daa?» – Nei, daa han hadde fengi Orden, so maatte det vera for di han var ein god Officer, meinte'n; og daa vilde han ikkje gaa. – «Naa?» – Ja, tilslutt maatte dei gjeva han Olavsordenen. – Ha-ha; men vilde han gaa daa? – Ja; det hadde han lòti lova. «Det maa vera ein snaal Kar,» lo Daniel. Men han undrast paa denne Sogo; kunde slikt vera sant?

Rundt Borde gjekk Prate som Rokkedur. Gleda og Godlage vaks; det skulde ikkje stort til fyrr Laatten rulla. Daniel kom i Drøselag han med; rødde med Frøken Stensrup um baade mangt og mykje. Kva han rødde um visste han knapt sjølv; berre eitt sat han og tenkte paa: at naar han rett saag seg til, so var Frøken Stensrud fager. –

– Dei gjekk fraa Borde og takka for Mat; der var Laatt og Liv og mykje Gaman. Alt gjekk fritt; men endaa var alt fint. Og Daniel kjende med veksande Mod, at han greidde seg i Lage. Han høyrde med. Frons urbana skulde han trass i alt vinne.

Attum seg høyrde han ein segja: «d'er bra Kar, Proprietæren.» «God Vert!» vart det svara. Daniel saag seg ikring; det var Knutzon som stod og rødde med Viborg. «Han kunde alltid ha no'e mer her ,» smilte Knutzon og peika upp-mot Panna si; «men enfin; naar man har Grunker …» – Fridom med alle strenge Formir; so maa det vera! tenkte Daniel. I det same kom Proprietæren svingande vinraud og glad: «lidt Déssert, mine Damer og Herrer?» Naah; Proprietæren naadde ikkje upp. Men Borni hans …

Ved Ettermaten var Samrøda meir ihuga, meir aalvorsam; dei tala um «Befordringsvæsen». Og her fekk Daniel høyre det han ikkje hadde tenkt: at fine Folk òg kunde rive ned paa dei magthavande. Det vart fortalt Ting um desse som Daniel mest fann utrulege; og det var forunderlegt, at ikkje «Bondevennen» hadde dregi fram slikt. Men Lensmannen og Proprietæren forsvara Magti, og der vart ein heil Ordstrid; Grosseraren sat og tagde og halvsmilte. Becker sagde, at naar ein saag paa dette «Befordringsvæsen», so kunde ein Skam mang ein Gong faa Hug til aa slaa seg til Opposisjonen; for ein Opposisjonsmann, ein Sakførar eller slikt, vann seg jamt snarare fram enn ein Departementsmann. «Ja, he-he-he!» lo Herr Petersen, «naar ikke de oppositionelle var slike Bakbæst som de er!» No laut Proprietæren og læ so smaatt; men Knutzon snudde seg braadt til Daniel og sagde: «ja Di er vel ikke opposisjonel, Huslærer?» – «Ne-nei,» stota Daniel og raudna.

Etter Middagen gav Fru Storr Musik. Det var stor Musik; Daniel forstod ikkje det Grand, men klappa naar dei hine klappa. Alle saag dei gode og fornøgde ut der dei sat og røykte og kvilte og melta Maten, mette og late som Gudar. Men Lensmannen og Endre Storr sat i Sofaen og smaaprata, venteleg um Musik.

– Ja; soleis kunde ein hava det, naar ein var rik. God Mat og Drykk; Fred og Ro og godt Lag; Venir og Vyrdnad og alt som vel var. Og det um ein so ikkje hadde meir Vit enn ein turvte. Tru det var sant at Proprietæren ikkje var noko fløgd? Han saag ut til ymist. Men kva gjorde det, naar han var rik?

Den som trong Hjelp av Folk, han maatte vera vìtug, og han maatte vera god. Og snild. Som eit ròti Egg maatte han gaa Folk under Augo; han maatte vita aa bøygje sin Rygg um det so var for ein Grindstolpe. Men den rike var fri Mann. Han var like gild og gjæv um han so var ein Tosk; ja um han var ein Svinepels, kunde han klara seg; ingin hadde noko aa segja til honom. Han turvte ikkje vera umvend heller. Student Stensrud var ikkje umvend, og var like gode Venir med Pater for det …

Toddyen var sett inn paa eit lite Bord i Siderome. Spele slutta; Herrane fekk vera so gode aa gaa inn og laga seg ein Taar.

– «Ja-ha; ja visst; den fjerde i Rækken, ja,» høyrdest Endre Stor kvessa i, «jo-o det skal … det skal … bli længe det! Nu tar Utlanne til aa sælle sine gamle Træskuter og bygger Jernskibe, og vi gaar her hjemme og sætter vore Penger i de Træskibe, som Utlanne skiller sej av mæ; ja; og naar saa … naar saa Jern og Damp har seiret paa hele Linjen, ja, saa sitter vi her mæ vore gamle Træskuter, vi, den fjerde i Rækken av de søfarende Nasjoner!» Daniel sat og gapte.

«Vers'god; la oss faa oss et Glas,» sagde Proprietæren sonande, og dei gjekk inn. Men paa sjølve Vegen trætta dei. Lensmannen stræva med aa forsvara den nasjonale Æra og Treskipi; og som dei stod der inne og laga Toddyen sin spurde han, um Herr Storr daa for Aalvor kunde tru, at me kunde koma etter med aa byggje Jarnskip. «Koma etter?» sagde Endre Storr; «skulde me koma etter med nokon Ting? Det einaste me hev lært av Utlande, det er aa … aa gjera Konkurs!»

Det vart Laatt av dette; og dei lo trygt; dei visste at Storr hadde sine eigne Meiningar. Men Storr var komin i Stridslag no; og daa dei hadde sett seg att, hogg han i paa nytt.

«Ja, ja; det er lett aa læ,» sagde han; «det er … ja. Kor i Guds Namn skal det gaa med eit Land, der ingin vil arbeide?» – «Overdrivelse,» sagde Lensmannen. «Vil me ikkje arbeide?» smilte Proprietæren. «Nei, me vil ikkje,» svara Grosseraren. «Me vil … me vil … ha det godt! ha det maklegt … vera store Herrar paa Kredit! Det vil me! Er det ein Mann som hev tent seg ihop nokre Tusund, so legg han seg til og … og ét dei upp; og dersom han ikkje ét dei upp, so hev han ein Son, som ét dei upp; ein, tvo, tri! det, som skulde vera Grunnlage for ein Kapital, for ei stor, solid Drift ned igjenom … Ja, for slik er det i Utlande! Trur De dei store engelske og amerikanske Rikdomane hev regnt ned fraa Himilen? – Dei store utlandske Rikdomane hev komi til paa den Maaten, at ein Arbeidsmann eller ein Hotelgut tente seg ihop 50 Pund; Son hans heldt fram med Arbeide og tente 200 Pund; og so arbeidde Son etter Far og Ætt etter Ætt … arbeidde, ser De! … ja; og til Slutt var der ein Kapital … Rikdom, Magt, Dugleik! fyrst og fremst Dugleik! – Men her? det som skulde vera Grunnlage for ein Kapital, – vips! ut for alle Vindar! Eig ein Mann tusund Dalar, so skal Son hans ikkje arbeide, han skal studere … og so sumlar han burt dei tusund Dalane, og siden lìver han paa Gjeld og vert Kopist! – Maa eg so spyrja; kor skal det koma Kapital fraa, og kor skal det koma Dugleik ifraa … for Kapital og Dugleik maa der til, um me skal kunna konkurrere … og kor skal dei koma ifraa, naar Kapitalen vert drepin i Fødsla, og alle, som skulde kunna lære nokon Ting, gjeng og kastar seg burt og vert Kopistar!»

Tre-fire ropande Røyster skreik upp og vilde svara, men slo kvarandre ihel. Det einaste Storr fekk Tak paa var nokre Ord fraa Lensmannen um vaar trufaste, arbeidande Bonde. «Bonden?» ropa Storr; «var det Bonden Di sa? – Bonden er som me; men Bonden er den verste av oss alle. Det er Villmannen, det, som … vil liggje paa Laaven og eta, eta og so sova, og bry seg Pokkeren um i Morgo; lat oss berre ikkje snakke um Bonden, De!»

Lensmannen sagde det var sùmt, Grosseraren kunde hava Rett i. Dei lægre Klassur no for Tidi var ikkje so nøgde med si Stelling som dei burde vera; og det var ein leid Ting at Bonden meir og meir gav seg til aa drive ikring paa Bondevenmøte og dilikt i Staden for aa arbeide. Men i det heile vilde Lensmannen segja, at Bonden ut-yvi Lande arbeidde som ein Træl, arbeidde so trufast og aalvorsamt, at det vilde vera Urett aa krevja meir av han. Petersen, som var Son av ein Amtmann paa Vestlande.[sic] sagde det same, og der vart ei samtykkjande Mulling rundt heile Lage.

«Min gode Verson hev den Vanen aa brùka sterke Ord,» sagde Proprietæren med ein forsonleg Smil; «men naar ein ser burt ifraa det … Eg er ikkje uhùga til aa tru, at Folk ut-yvi Lande hev altfor lite Sans for aa brùka Tidi. Tid er Pengar, segjer Engelskmannen; det er ein Setning Bonden kunde ha godt av aa lære. Men det som trengst, det er daa Upplysning ; Upplysning, mine Herrar!» – Bravo, bravo. – «Ja kor skal Bonden faa den ifraa?» spurde Storr. «Gjenom Bøkar? Ja; men finst det ein Statsagronom eller nokon annan slik Fyr, som kann skrive ei praktisk Bok?» (Naa?) «Kom ikkje til meg med det. Eg hev sjølv freista aa skrive um slike Ting, og eg hev set … set andre hev skrìvi; men … ja. I det heile … Dei skrik paa Upplysning alle Folk; men eg finn meir og meir, at det med Upplysningi … det er Frase!» (Nei, men Herr Grosserar!) «Ja; Frase. Ein Bonde vert ikkje upplyst. Upplysning er ikkje slikt-noko som ein kann rive i seg paa eit Aars Tid eller tvo gjenom Bøkar eller Snakk; heile sitt Liv maa ein … ein maa lìva i upplyst Luft! Det er berre dei rike som kann vera upplyste. Upplysning og Aandsliv er … er ein Luksus, ein Ovbunad; fyrst maa ein hava Maten; og fær ein Stunder fraa den, so fyrst kann ein lìva eit Aandsliv. Me ser det og. Desse Idealistane, naar dei vil taka Bonden som han der gjeng og gjera han til ein Aandsmann, kva vert der av det? Talemaatar, og Tøv; Folkehøgskuleskodd! Nei! Men Bonden skal vera praktisk ; det kann han; praktisk i sitt Fag … og dersom det er det , du kallar Upplysning, Proprietær, so er det godt og vel.» Ja visst var det praktisk Upplysning, Proprietæren meinte; og um ei Stund viste det seg, at dei i Grunnen var samstelte likevel. Men Daniel visste ikkje kva han skulde tenkje.

Den varme Toddyen styrkte Samfundsaandi; dei tok til aa tenkje paa Landsens Framgang alle ihop. Daa Petersen fortalde, at paa Bondebygdom sat Folk ved Aaren dei lange Vinterkveldane og dreiv Tidi burt med Eventyr og Vas, i Staden for at dei kunde tena Pengar med aa gjera Tresko og Sopelimar, so fann alle detta rivande gali; Lensmannen meinte at dette var noko som sjølve Statsmagtine burde taka seg av.

«Ja, det vilde vera norskt, det,» kvesste Storr i med sitt strævsame Maal. «Statsmagtine! – I upplyste Land heiter det: help your self; her er det Statskassa og … Fatikkassa … og Vaarherre og … men ingin kan taka i sjølv, for ein Pokker! Statskassa –? ja, det vil vel segja at det skulde skipast ei Embættsverk for den Saki … med Treskoinspektørar og ein Treskosjef i Kyrkjedepartemente … ja; og so ei diger Bok med Innberetningar kvart Aar, og Betenkningar og Planar og ditt og datt … Herre Gud!» ropa han til Proprietæren, «berre finn Folk som vil kaupe Tresko, so skal du nok sjaa Bonden lærer aa gjera deim!»

Etter dette vart det eit Ordskifte um Embættsstande. Lensmannen var forarga yvi den Treskosjefen og gav litt vondt; dei unge Juristane hjelpte til; slikt skulde ein upplyst Mann ikkje segja. Og det heldt Daniel med dem i. Grosseraren svara ikkje stort paa dette; men daa dei var ferduge forklara han, at naar det uproduktive Embættsarbeide galdt for det høgste i eit Land, so maatte Lande armast ut. Han vilde at dei beste Hovud skulde leggje seg paa det praktiske, og so kunde dei næstbeste eller mìdelsgode Hovud greidde all denne Protokolførsla og alle desse Innberetningar. Lensmannen vart meir og meir raud i Kamben; Becker og Petersen kalla Grosseraren for ein Jaabækianar; Fru Storr sat og kremta. Det same gjorde Proprietæren. Han visste sistpaa ikkje onnor Raad enn aa halde ei Tale. Han tala for Embættsstande, vaart hæderlege Embættsstand, som me maatte takke Gud for; og den Tala slutta han med ei Skaal for Lensmannen, «som her var Embedsstandens Repræsentant».

Lensmannen svara med ei Skaal for Odelsbonden, den gjæve Odelsbonden, som sat paa si Tuve trygg og gav all Verdi ein god Dag, men bøygde seg for sin Konge og si Øvrighet; den Bonden vilde Lensmannen drikke for; den Bonden var Kjernen i Lande, og den Bonden skulde nok greide Hespelen, um det kom til eit Knipetak. Millom Odelsbonden og Embættsstande hadde det alltid vori god Venskap; og han tvìla ikkje paa, at den Venskapen skulde staa, alt um det var – hm – Røystir som –. Skaali vart vend til den gjæve og upplyste Odelsbonden, vaar høgvyrde og gjestmilde Vert, Herr Proprietær Stensrud. Daniel lika det Lensmannen sagde; og han fekk ei Kjenning av, at desse «Embættsvenner» kannhende sist-paa var likso gode Folkevénir som Opposisjonskultane.

Daa Fru Storr saag at Mannen hennar vilde svara Lensmannen, skunda ho seg og spurde, um ikkje nokon av dei unge Herrane vilde vera so snilde aa syngje lite for os. «Ja det vilde vera hyggjelegt,» ropa Proprietæren fornøgd. Fru Storr sat strakst ved Pianoe; Knutzon og Viborg samraadde seg um kva dei skulde syngja; so kom det nokre store Akkordar fraa Spéle, og dei unge Herrane sette i med full Kraft:

Här är guda godt at vara, ack hur lifvet dock är skönt …»

Dei song fagert; med Kunst; med Skaking i Maale og Drag paa Tonane; det var som ein skulde vera paa Teatre, totte Daniel; slik skulde fin Song vera. Dei dreiv paa med «Gluntar»; sistpaa kom dei med eit Nummer av Bellmann. Daniel undrast paa um dei ikkje vilde koma med noko norskt.

Det vart klappa for kvart Nummer; og daa dei slutta, takka Proprietæren med ei lita Tale for «Studentersongen». Herr Viborg tala for «Uppsalasongen», som han vilde segja var reint ut ein Tryllesong; og daa Herrane forstod at det galdt aa halde Endre Storr ute, gav dei seg til aa tala alle ihop. Herr Petersen tala for Broderlande, Herr Knutzon for Kvinna med Adresse til Fru Stensrud, Bang Block for vaare Brødrar i Sud, og Becker – for Bondestudentane. Daniel bleikna. Men Herr Becker sagde, at det var godt, og – æ – gledelegt, at Bøndane tok til aa vinne seg meir – æ meir sann og grundig Upplysning; det vilde hjelpe deim fram til – ææ – til aa kunne svara sitt Rom millom dei andre Samfundsklassane – og – ææ – f. Eks. paa Stortinge – paa ein meir verdig – mææ – paa ein meir og meir verdig Maate. Det hadde vist seg, at det var – ææ – at Bøndane ikkje sakna – mææ – Gaavur, og naar desse fekk si rette Utvikling og – mææ – Tukt, so trudde han, at den – æ, den – æ Disharmoni, som stundom no kunde – ææ – gjera seg gjeldande millom Samfundsklassane, den vilde – mææ – uppløyse seg av seg sjølv. Skaali vilde han vende til den Representanten for Bondestudentane som me hadde den Æra aa hava her ibland oss, Herr Student – naa, Herr Kandidat – mææ, hm – ææ – naa, Herr Kandidat Danielsen – «aa, naa, je bér! – Herr Kandidat Danielsen-Braut. Hans Skaal!» Bravo! Daniel skifte Lìtir. Han drakk, men kjende knapt Grunnen han stod paa. No skulde han upp og tala! Det var Meiningi; det sagde seg sjølv; og han saag det paa deim. Men kva skulde han tala um?

Han hugsa at Skaali for Fedralande ikkje var drukki. Den fekk han taka daa. Naar ein berre i ei Hast kunde finne paa noko aa segja! Ein fekk tenkje seg um ei Stund. Men so kom det vel einkvar og tok Emne ifraa han. Ja vel; der kom Lensmannen. Han vilde visst tala for Fedralande no.

Men Lensmannen vilde tala for Studentane . Ikkje for nokor serskild Klasse av Studentar; etter hans Meining fanst det ikkje slike Klassur; naar dei hadde fengi sin Eksamen, so var dei Sønir av Athene, og so var all Klasseskilnad avlyst. (Bravo! tenkte Daniel). Lensmannen tala for Studentane i det heile, og vilde serskilt minnast at dei var Embættsmansemne. Det var rett og naudsynlegt, at Arbeide i Statens Teneste stod som noko høgt og framifraa. Me høyrde nok sùme Tidir, at Statstenesta var eit Arbeid som – hm – som ikkje var noko vidare verdt; me hadde endaa fraa ein viss Kant set det aa døype Born samanstelt med aa kjøre Mýk – hm; men Lensmannen vilde halde det for den største Ulykke for Staten, um Skilnaden millom Statstenesta og anna Arbeid skulde døy ut i Folks Tanke. Statstenesta maatte staa som noko – ja, som noko idealt, for aa brùka det Orde, – som ei ædel Livsgjerning, som ein vigde seg til i sine unge Aar, og som ein med Energi heldt fast som Livsgjerning i den lange Ventetid. Staten kunde ikkje nøgje seg med Leigetenarar og Nærings-Spekulantar; ein maatte krevja at Statstenaren gjekk i Brodden endaa naar det – naar det galdt Live! Difor vilde han minnast dei mange unge Mennar som no gjekk og fyribudde seg til denne si Livsgjerning; og han vilde ynskje og vone, at dei fyribudde seg soleis, at Land og Konge altid maatte hava eit godt, eit trufast Embættsstand. Skaal! Bravo!

Lensmannen drakk, og det graae Andlitet hans var raudt som Fullmaanen; han var Stridsmann for ein stor Tanke i Kveld, og det var ikkje so ofte det gjekk paa. Daniel var reint glad i Lensmannen for denne Tala; det han her hadde sagt var Ord ut av hans eigi Hjarta; det var visst og sant.

Men no kom Endre Storr; der var ikkje Raad for det lenger.

– Ja! naar det skulde gaa med Talur her, so fekk det … fekk det so vera. Dei hadde tala um Bonden; ja; han kunde og tala um Bonden; gjerne det. Men ikkje um Odelsbonden; for Odelsbonden vart meir og meir … han vilde segja Mythe … «Hm?» sagde det rundt Borde. Men Storr vilde tala um den Bonden som livde rundt um i Dalane no, – «han som hev Garden standande i Pant i Hypotheken; han som ikkje lenger eig den Tuva han sìt paa, men gjeng og trælar for Banken. Ja, det er sagt her, at han arbeider … at han arbeider som Træl» – «hm!» sagde Lensmannen –; «og det er sant, han arbeider som Træl. Men so var det nettupp han ikkje skulde arbeide; han skulde arbeide med Lyst , det er Tingen; med Lyst! Ja. Men det kann han ikkje, so lengi han er Villmann og hatar Arbeide … og so lengi det aa vera Embættsmann, det aa arbeide uproduktivt, er det høgste i Lande.» «Hm!» sagde Daniel. «Men slik er det no. Og Bonden ser og høyrer ikkje anna for seg … og so lærer han aa søkje burt fraa sitt Arbeid, i Staden for at han skulde leggje heile sin Hug i Arbeide og dermed … gjera Framstig. Framstig! No kjem han ingin Veg, anna enn til Banken. Eig han litegrand, so kastar han det burt til Fjas … og hev han ein Son, som duger litegrand … ja, so skal ikkje Sonen vera Bonde, Gudbevares! nei; han skal paa Seminarie – paa Skular i det heile; og hev han vori der, so er han for fin til aa taka si Hand i nokon Ting, d'er greidt; … skal gaa paa Stasen; skal vera med i Fiffen … lìva paa det som andre slit ihop; – for det er fint her; men aa lìva av det, ein sjølv avlar fram, det er simpelt … Ja. So gjeng all Dugleik burt fraa Bondestande, og so gjeng Skrape etter og trælar for Bankane … det vert eit Proletariat, liksom i England … og det er den Odelsbonden, me skal lite paa naar det knip!» – Daniel kjende seg uroleg, der han sat; men Storr var Materialist; ingin kunde bry seg um honom; og han saag paa dei andre og forstod, at ikkje dei heller heldt med han. Men Storr dreiv paa. Me gjekk her og snakka um Upplysning … ja, godt og vel … men … det var ein Ting, som all Skule og all Upplysning her i Lande skulde gaa ut paa, og det var … aa prente inn i Folketanken – liksom med Eldskrift – den gamle gode Setningen: poverty is a crime, Armod er Synd! Det skulde vera det fyrste Bòd i vaar Folkekatekisme –: du skal ikkje vera fatig. Dette Lande maatte bli ein Arbeidsstat som Belgia eller Sveits; og so gjekk dei her og gjorde det um til ein Kancelli- og Litteraturstat etter tysk Mynster Me kunde sjaa det i all Ting, – i Bokheimen med all denne Dikting og Drøyming og alle desse Idear … tysk ideal Skodde, ein ufrisk, livlaus Hybel-Litteratur … i Staden for aa segja Folk ærlegt Sanningi og lære deim aaforstaa kva det kostar aa lìva … slikt gjorde sitt til aa tøme Lande for Energi og Folk. – Og so Statsbudgette. Me kunde sjaa paa Statsbudgette, at me var eit Folk som var styrt av Embættsmennar – og av Bønder som vilde vera fine. Mest all Ting gjekk til Kantorvæsen og uproduktivt Stell, og lite og inkje til Framhjelp av Arbeid og Næring. Og vilde ein Arming lesa til Prest, so stod hundrad Mæcenatar og tankelause Geni-Uppdagarar ferduge til aa hjelpe han fram (tru det? tenkte Daniel); men var det ein, som gjorde ei nyttig Uppfinning, so … ja so trudde Folk han var galin. Og um han grunna ein Verkstad, so gjekk Staten og Kauparar til Utlandet like godt. Ja; – og so jamra me yvi, at me var eit fatigt Land! – Javisst. – Sjølve Finland hadde ei stor Utførsle; kva utførde me? Emigrantar! Sveits hadde ein Industri som sende sine Varur Verdi rundt; kva fabrikera me? Akkevit og Bayerøl! – «Ja Skaal da!» ropa Student Stensrud. Endre Storr kvakk upp og saag seg ikring; «ja det er sant,» sagde han; «det var Skaali for … for … ja, Skaali for Bonden. Ja; det hev nok ikkje vori det beste Samenheng i denne Tala mi; men – men – eg vil drikke ei Skaal for den Bonden som –; for, at Bonden – og me alle ihop – maa faa so mykje Kultur, at me vert glade i aa arbeide … og at han, og me alle, maa lære aa forstaa, at den, som avlar ei Tunne Havre er større enn den, som lagar ei mìdels Bok … at den, som fær tvo Straa til aa vekse der, som det fyrr berre vaks eitt, – han er ein Velgjerdsmann mot Ætti! Skaal for den Bonden, som arbeider, og arbeider med Lyst og Framtak!» Skaali vart drukki; men ingin sagde Bravo. Og Daniel tenkte: denne Mannen vil Haugum segja ikkje er Materialist!

Han hadde drukki so smaatt medan Storr holdt paa, so han kunde faa Mod til Skaali for Fedralande; no var Glase tomt, og han rusla inn i Siderome og fyllte det att. For no vilde han tala! Og han skulde segja Storr nokre aalvorsame Ord, som baade Lensmannen og dei andre skulde like.

Som han stod derinne og blanda, kom Knutzon og Viborg inn og sette seg; Glasi sine hadde dei med seg. «Uh, denne Endre Storr,» sukka Knutzon. «Ja det er en Skrue,» svara Viborg. «Naah! d'er rett, Huslærer!» heldt han fram, «driv paa! her faar man drikke; for an�t er her sgu ikke aa ta se' til!» «Nei, du kommer ikke paa nogen anden Slags Galei her,» meinte Knutzon. «He-he; nei; man har jo no'e som hetter Moral her oppaa Lanne,» lo Viborg. «Ja, men appropo: har man ikke no'e som hetter Natteløperi aasaa, hva?» – «Aa Snakk, er du gal? Det er bare oppi Avdalene, det.» – «Ja, hva sier Di, Huslærer? Di maa kjenne te det, Di?» – «Nei, den Skikken er uddød paa disse Kantar,» svara Daniel truskyldigt. Dei lo so turrt; han hadde vel ikkje den rette Svingen paa Maale. «Ja Fa'n tro disse Bønder,» sagde Viborg; «men d'er jo rimeli at Di ikke vil gji Beskje til oss; hva? Di er nok ful, Di? Hva?» – «Aa Visvas,» meinte Knutzon; «Huslæreren haaller sej naturlivis te Huse, han.» Dei lo og drakk; so kom Viborg med nokre Ord um «Husets kvindelige Besætning», som gjorde Daniel reint maalbundin. At slike Folk kunde segja slikt! Og so den Maaten det vart sagt paa! Uvyrdslegt og fint paa ein Gong; sjølvtrygt, likesælt; som det skulde so vera. Frons urbana, frons urbana …

«Go' Aften, mine Herrer!» sagde Lensmannen; han skulde heim. Kvinnfolki kom like eins og sagde Godnatt; Herrane Knutzon, Viborg og Becker flokka seg burttil Fru Storr og var galante; Daniel saag seg leid paa deim. Men … det var den formelle Daning … Endeleg kom dei ut som skulde ut; Proprietæren, Grosseraren og Student Stensrud fylgde deim til Sleden. Dei andre drog seg inn att; fleire samla seg ikring Toddyborde.

«Den Storr er Fanden ta mej en Jonglør!» sagde Bang Block laag-mælt. «Alt det han fær og fiktar med, det er s'gu berre for aa gjera seg interessant; han vil vera original … han burde Fanden ta meg vera Opposisjonsmann!» Det meinte no ikkje Petersen; han smilte so breidt og blidt; Storr var ein bra Kar, lite naiv, men umaateleg morosam; det traut ikkje paa Gaman i det Lage der han var. Aa ja morrosam; men han var ein Jonglør. Han var av same Slage som desse andre «Folkevennerne»; det var s'gu seg sjølv han tenkte paa. Hadde han vori Talar, so burde han gjort som denne Kandidat Meier og andre av det Slage, som fór paa Lande og heldt «Folkehøgskule» – Block frynte naar han nemde slike Ord – og kom att Storthingsmennar … «Meier? Trur du han vil bli Storthingsmann?» sagde Becker. Aa, Block kjende Krute. Meier gjekk her ein Gong og søkte eit Prestekall, og daa han ikkje fekk det, so … ja daa var det at Herr Meier drog tilfjells til aa vekkje Folke! – Naa, det var s'gu ei god Upplysning, meinte Becker. «Er det sant det?» – Det skal vera sant.» – «Det var ei forvitneleg Upplysning! Den Meier galdt for slik ein Høgidealist» … Aa skidt; det var s'gu same Sørpa alt. Kandidat Meier var so god ein Sakførar Stensgaard som nokon kunde sjaa, ein av same Slage som desse brandraude Fyrane ned i «Frams» Klikk … Daniel kvakk. «Aa, lat oss no ikkje faa Politik att,» bad Viborg. «Det er daa Fanden, at so snart ein kjem paa Lande so skal ein politisere!» – I det same kom Proprietæren og dei andre inn att; Samrøda skifte Emne.

Daniel høyrde ikkje stort paa det som vart sagt. Han sat og vreid seg og tenkte paa Tala for Fedrelande. Men kvar Gong han skulde vaage seg fram vart han modlaus; det var ikkje greidt aa tala i so fin og kritisk ei Forsamling. Rett som det var, sagde Proprietæren og Grosseraren Godnatt. Proprietæren var gamall, Grosseraren trøytt; «men Ungdomen skal sitja!» lo Proprietæren gjestmildt. «Ja, me vil s'gu sitja!» meinte Student Stensrud; dei gamle gjekk. – Kunde det no nytte aa tala for Fedralande? –

Block laga seg nytt Glas; der vart eit Ordskifte um den rette Maaten og laga Toddy paa. Becker, som hadde vori i Utlande, fortalde Framgangsmaaten med aa laga Absinth; kom so til aa tala um Paris og Live der; Daniel fekk høyre um Ting som han ikkje trudde kunde finnast i Verdi. Fraa Paris flutte Samrøda til Kristiania; og Daniel kom etter, at han nok mest var likso framand i Kristiania som i Paris. Det som han hadde set, det var berre det simple, det grove, det som var for Bøndar … So kom Herr Jokum for ein Dag att; Petersen og Becker fortalde Sogur um han som var av eit sovori Slag, at Daniel fann det meir enn rimelegt at Hanna ikkje hadde visst um deim. Men det som Bang Block sidan fortalde um «den flotte Fru Harry» var ikkje stort likare. Det var forunderlegt at der kunde vera so mykje slikt millom fine Folk.

Men Viborg og Knutzon hadde fengi Smak paa aa erte den snilde Huslæraren; som han der sat og krulla paa det vesle Kinnskjegge sitt og glodde framfor seg med sine blide Augo, storbygd og tung og gruv i Aksline, saag han so truskyldig ut, at dei kunde ikkje halde seg. Var det sant, at Herr Kandidaten i Kristiania hadde ført slikt eit villt Liv? – Daniel kvakk; dei andre lo; – ja, heldt Viborg fram; det gjekk eit slikt Ord i Kristiania. Herr Huslæraren var nok meir kjend end han trudde, og det ikkje for det gode plent; «ikke sant, mine Herrer?» – «Jo,» sagde Knutzon; «jo,» sagde Becker. Daniel forstod no, at dei vilde gjera Narr av han; og han vart arg. «Kva er det for Snakk?» sagde han. «Snakk? Vil Herr Kandidaten kalle det for Snakk som er stadfest av tvo gode Vitne?» – «Herr Huslæraren gjorde best i aa svara paa Spursmaali,» meinte Herr Becker. Og dei fine Herrane sat og glodde paa Guten med uppdregne Brunir og Lorgnettar for Augo; Daniel saag seg uppraadd, og kjende seg Undermann; kunde ikkje klara seg mot denne flirande frons urbana .

Han vart berga av Stensrud, som gav seg til aa fortelja um Student Rødberg; kjende mine Herrar ein Student Rødberg? Det var han som var Huslærar her paa Garden ifjor. Det var Gut som kunde lìva villt! Og so hadde han det med det at han ikkje kunde segja sant; han laug baade naar han hadde Naud paa det og ikkje; men so var det Ulykka at han kunde ikkje ljuge i Samanheng; den eine Lygni motsagde den andre, og so gjekk det gali. Han hadde elles klara det lengi: hadde slegi seg paa, det gudelege og fengi ein skikkeleg Prestemann til aa tru paa seg – Daniel vart uroleg, der han sat –; og kvar Gong det gjekk gali gjorde Rødberg Bot; og so beit den snilde Prestemannen paa att. Endeleg hadde han fengi Artium. Men daa han var ferdig med den, slo han seg so laus med Rangel og Galskap, at dei hadde ikkje visst onnor Raad enn aa sende den veike Broder Rødberg paa Lande. Men Broder Rødberg visste Raad med aa vera veik paa Lande òg, han; og daa han hadde lògi so lengi at Lygnine hans tok til aa slaa kvarandre ihel, so kom det upp alt, og Rødberg laut paa Porten. – Kor Rødberg no var? – I Kristiania; og det var dei som vilde vita at han gjekk Konstabel inne paa Grønland no. – Konstabel? Kunde ein akademisk Borgar falle so djupt? – Aa, meinte Stensrud; det var visst ikkje greidt for den som svalt. – Daniel var sveitt; han glytte paa Stensrud med Uro i Augo og undrast paa um han endaa kunde vita noko.

«Ja, der er mange slike,» sage Bang Block; han sat og laga det femte Glase. Kjende Herrane ein Student Monsen? Det var og slik ein Lurifas. Han hadde fikta seg fram med Lygnir og Laan i fleire Aar; ei Tid hadde han livt paa ei Malmgruve som Bror hans ikkje hadde funni; han var utum seg paa alle Kantar. Berre slik ein litin Ting som den –: her i Vinter, daa dei heldt denne Kommersen i Teatre, «Børneforestillingen», som «Borgeren» kalla det … «Apropos, var ikkje De ogsaa med der, Huslærar?» spurde Viborg ertande; han stakk ofte paa Glase. Daniel riste paa Hovude; han vilde ikke ljuge … Naa ja; denne Monsen, han slog Lag med Piparane og fekk paa den Maaten Fribillet, men i god Tid fortalde han det heile til ein Konstabel og gjorde so sidan Mynt av, at han ikkje hadde pìpi. «Ja de Bønder, de Bønder!» lo Herr Petersen.

Daniel lika seg ikkje millom den formelle Daning. So snart han saag seg Kans til det, stiltra han seg ut og gjekk og lagde seg.

Men det varde lengi fyrr han fekk sova. Han laag og harma seg yvi at han hadde klara seg so klent; og no, etterpaa, fann han ut ei Mengd med gode Ting som han burde ha sagt dei fine Herrane. Innimillom vreid han seg i Spursmaal og Tvil; kunde dei vita noko? – Underlege Ord hadde falli; men dei kunde daa vel ikkje tru, at han var ein slik ein Fyr som denne Rødberg, eller ein som Peder Monsen?

Det som var visst var, at dei hadde gjort Narr av han, og at han ikkje hadde kunna klara seg. Det var frons urbana som maatte til, By-Skallen, By-Mode; hadde ein berre det rette Mod, det rette Lag, so kunde ein segja og gjera kva ein vilde.

Og so toskut som det var, at han ikkje hadde tala for Fedralande. Hadde han gjort det, so hadde dei set at han var noko til Kar, han au. Men i Morgo, i Morgo skulde han fara klokare. Han skulde syne dei vise Herrane at han ikkje var nokon Kastekjepp; han skulde tala for Fedrelande. Denne Tanken gjorde at han vart rolegare. Og Talen for Fedralande tok han til aa halde med seg sjølv; og det gjekk godt: «Mine Herrar! Under all vaar Strid … er der daa eit Namn, som … naar det vert nemnt … fær os til aa gløyme … alt det som kann skilja oss aat … og til aa … gjeva kvarandre Broderhand …» – Underlegt nok, tenkte han, at ingin av dei andre heller tala for Fedrelande. Er det ikkje fint kannhende? Jau visst maa vel det vera fint. Det er berre Internasjonale som trur, at Fedralande ikkje er noko …» – gjeva kvarandre Broderhand … liksom Fedrane paa Eidsvoll … Ja, mine Herrar! dei store Minni … Sogo … I Rosenlund under Sagas Hall … dei store Fedrane, Vikingane som vann heile Rike … alt dette … dei høge Æsir … og Aasynjur … og dei høge Helte-Skapnader som vandrar gjenom Soga … dei høge Haakonar … dei høge Olavar … Og endaa hev me Mennar som … vil vaage Liv og Blod …» –

– Herr Jokum sat ved Borde og nikka; paa Bringa hadde han Olavsordenen. Men Grosserar Storr stod og glodde paa Daniel med heite Augo og sagde, at Fedralande var … Fedralande var … han vilde segja ei Frase.

XII.

Joli vart lang og strid.

Det gjekk med Toddygilde og Matlag Dag etter Dag Bygdi rundt, og Nattevaking og Dans innimillom; det var ei Turing som Daniel ikkje hadde set Make til; Endre Storr sagde paa sin Maate, at det var «Villmannen, som rasa». Han og dei andre Bykarane heldt elles ikkje lengi ut; dei drog til Byen att strakst yvi Joledagane.

Men Daniel totte det stod godt til. Dei fine Herrane hadde vori rimelege mot han sidan; og han var stød paa at dei ikkje visste noko. Og Joleturingi skulde han alltid klara. Han var som i Himilriki no mot ifjor dette Bìle, daa han gjekk der inn-i Byen og svalt.

Kor godt han i Røyndi lika dette Jolelive her, det fekk han best vita daa det tok Ende. Det var reint vondt aa gaa i Veg att med Striskjorta og Havrelefsa; og daa han fyrste Gongen skulde til med Smaagutane og høyre deim i Tysk, var det so han kunde rømt til Skogs, so leid var han. Aldri i Verdi heldt han dette Stræve ut. Han kjende det so vel, baade den Dagen og sidan.

Ein Hugnad hadde han, og det var den, at Skjegge hans tok seg godt upp. Og so var han visst i det heile meir sjølvstendig no enn han hadde vori. Han hadde ikkje lenger slik Ovvyrdnad for Proprietæren. Og den munnsterke Endre Storr hadde ikkje kunna rikke han i hans gamle Tru paa Aand og Ide. Han hadde ein Dag vaaga seg i Ordkast med denne Mannen. Vilde Grosseraren vedstaa den Setningen – hadde han spurt –, at det berre var dei rike som kunde vera upplyste? Til dette svara Grosseraren ja. Og han hadde Autoritetar for seg, Tenkjarar «som Herr Kandidaten sjølvsagt kjende likso godt som han»; ja det var ikkje Daniel, som vann i den Striden Men han visste at Storr hadde Urett; Grunnane fekk han tenkje ut etterkvart. Storr hadde Urett i det heile. Det som han fór med, det var paa tvers mot alt det Daniel hadde høyrt og lært; heile Samfunde, fraa Kapellan Hirsch til Dølen, fraa Professor Darre til Fram, vilde samrøystes fordøme slik Materialisme.

Han var ikkje so bundin av sine gamle Autoritetar heller som fyrr. Han tok til aa skýna, at ikkje alt som glima var Gull; naar endaa ein Mann som Folkehøgskulelærar Meier kunde vera ein aandeleg Næringsspekulant, so var det ikkje godt aa vita kven ein skulde tru; «Den gode Borger» laug kannhende mindre enn Folk tenkte. Kven kunde t. D. vita, um Kapellan Hirsch var slik ein Mynstermann som han galdt for? Hadde han ikkje ein Gong reist ifraa ein Gjerning, av di han ein annan Stad kunde faa nokre Hundrad meir i Aarsløn? – Nei, nei; um Hirsch vilde ikkje Daniel tenkje slikt. Men dei andre, – kven kunde han stole paa av dei andre?

Av Fru Louise hadde han høyrt, at Kjærasten til Hans Haugum skulde vera ei Gjente paa sine 10000. Kven skulde ha tenkt, at Haugum hadde slik Sans for Pengar? Og kven kunde vita, um ikkje han for dei 10000 Dalane hadde selt og svìki – sin Ungdoms Ideal?

Fru Louise hadde sagt, at Haugum var ein Mann som hadde Lykka med seg. Hm ja; paa ein Maate. Det hadde ikkje vori ille, um Inga Holm og hadde vori rik; det hadde vori ein greid Maate aa koma ut av Armodsdomen paa. Eller … um ein hadde havt eit anna Ideal? Det var i Grunnen tankelaust aa binde seg, fyrr ein var so gamall at ein hadde eit Grand Greide paa Verdi.

Han tottest tydeleg forstaa, at Hanna ikkje hadde noko imot han. I det seinare hadde ho jamvel vorti meir husleg av seg, baade i Klædnad og elles; og det var komi paa, etter at Daniel ein Dag – paa Tal um fru Stensrud – hadde sagt at han lika huslege Kvinnur. Fyri Jol hadde ho helst spéla norske Folketonar, som han hadde sagt han var glad i; etter Jol, daa han fortalde henne at han var förtjust i «Gluntarne», tok ho til med deim, spela «Gluntar», so Daniel vart mest leid av det. Flere slike Merke var der; og Daniel tenkte med seg, at det i Grunnen var Synd i Gjenta; ho kunde vera betre verd enn aa bli gangande Attergløyme. –

– Han dreiv paa og tagde med sine Meiningar som fyrr. Men han gjorde det paa ein annan Maate; for ljuge vilde han ikkje. Naar Proprietæren kom med sine Setningar, heldt Daniel fram kva Motpartie meinte; «so og so segjer dei; kva skal ein svara til det?» – og so lét han sistpaa Proprietæren vinne. Dette gjekk godt. Daniel var i Grunnen leid av den Politiken.

Til Byen lengta han meir og meir. Kvar Dag saag han etter i «Borgaren», um der kunde vera nokon Post aat han der inne. Men det saag smaatt ut. Um der var noko, saa var det anten for stort for ein Student med Haud, eller for smaatt til aa lìva paa. Han tok til aa drøyme um Lias i Amerika. Kannhende raaka den Slampen upp-i eitkvart der; fann Gull i Kalifornia; gifte seg rik; og so sende han ein god Dag heim ein Veksel, ein stor Veksel. … Det var forunderlegt at Lias ikkje hadde skrìvi enno.

Jau; ein Dag skreiv han. Daniel saag Amerikastempilen og reiv Breve upp med bankande Hjarta. Lias fortalde at han hadde slìti mykje vondt og havt «mange Slags Forretningar», men at han no var komin i Ro for det fyrste og lika seg godt; for no hadde han fengi fast Post og var Fjos-Kar. Daniel grein; vart baade flat og lang i Andlite. Fjos-Kar! Og so skreiv den Slampen so modigt som han skulde ha funni Gull … rødde um Politik; um den amerikanske «Fridomen»; her var so fritt her, skreiv han. Ja visst. Det skreiv dei alle. Det var noko Tøv. Her var Skam Fridom nok i Norig med; den, som berre hadde Pengar … Daniel lagde Breve ifraa seg; Amerikavekselen var nok ikkje noko aa drøyme um.

Dess meir drøymde han um Byen og um den formelle Daning. Ein Ting kunde han skaffe seg strakst, som vilde hjelpe paa det formelle, meinte han; og det var Brillur. Han tok til aa jamra seg yvi at han vart veik i Augo; og daa Proprietæren reiste til Kristiania i Marknaden, fylgde Daniel med til aa søkje Raad for dette; og Brillur fekk han. Det hjelpte svært. Brillune tok burt noko av det godslege i Andlite, lagde ein kald Glans yvi det, som gjorde det strengare; Daniel spegla seg og fann ut, at naar han no berre fekk større Skjegg, so skulde ingin kunna sjaa at han hadde vori Bonde.

Paa denne Byferdi fekk han sjaa att eit Par gamle Kjenningar. Han sat ein Kveld inn paa ein Hotel-Kafé saman med Student Stensrud, Endre Storr og Knutzon; so kom det nokre Karar og sette seg ved eit Bord nære ved og gav seg til aa drikke Toddy; ein av deim var ukjend; dei andre var Aslak Fjordan, Gregus Johnsen og Strand. Dei var visst alt paa ein Lette; og noko fjonge saag dei ikkje ut; Daniel snudde seg ifraa deim; i hans Lag no vilde dei ikkje høve.

Storr sat med ein Raudvinpjolter og lagde ut um, at Marknader var ein Uskikk; Knutzon lagde imot, og Daniel totte han hadde rett gode Grunnar. Men endeleg rauk Knutzon; kunde ikkje klara seg mot Storr. Daa fortalde han rolegt, at det han her hadde sagt, det hadde han fraa ein Mann som Grosserar Lampe; og ein skulde daa tru, at den Mannen visste kva han sa. Hm, so slike Folk og kann vera usjølvstendige! tenkte Daniel; han lika seg. Men at dei hadde Mod til aa vera ved det!

Storr dreiv paa med Nasjonaløkonomi. Han banna Bøndane, som hogg ut Skogane sine og dermed øydde sin eigin og Landsens Kapital; men kannhende maatte me bli Fant, so me vart nøydde til aa lære aa arbeide. Det me helst hadde lìvt paa fyrr, Skogen, Skipsferdi, Fiske, det var for mykje Lùtspél, gjorde oss til Drøymarar, lærde oss laak Moral. Der gjekk Folk burtetter Havkanten og sette alle sine Spareskillingar i Skipspartar eller Fiskedrifti: slo det godt til, so tente dei Pengar og sette dei i andre Skipspartar; gjekk det so gali, so ramla heile Stasen; og dei stod att med tvo Hendar tome; der var ei Gründung utan Underlag; det maatte ende med Armod. Men det verste var, at det øydelagde Framtak og Viljekraft. Folk lærde seg til aa lite paa Slumpelukka; vilde bli rike i ei Snøggvending, drøymde i Staden for aa arbeide; grov etter gamle Skattar eller tok Skjerp paa Svovlkis og Kraakesylv … Sjølve Religionen vart brùka til aa lære Folk upp i denne Villmannskapen. Prestane gjekk og preika for deim um at dei skulde lite paa Vaarherre og ikkje syte for i Morgo; det var syndigt aa stræve etter Rikdom; ein skulde vera «fornøiet i sin Kreds», lìva som Fuglane i Lufti … kunde ein vente noko av eit Folk som vaks upp med slik Lærdom? Det vart eit Folk av Letingar og Drøymarar. Gjekk og sleit, so vidt det heldt Live i seg, men lenger kom det ikkje. Kunde ikkje Vaarherre gjera so vel at han lét deim finne ein Gullklump i Aakeren sin? Kunde ikkje Vaarherre sende eit rikt Fiskje, gjeva gode Fragtir; lata det regne med Tolvskillingar, snøe med Dalarsetlar? – Studentane lo; Daniel med, heller raud um sine Kjakar. Men, heldt Storr fram, berre Bøndane vaare kom til Amerika, so vart dei som Folk av eit anna Slag. Det var ingin der som fortalde deim at dei skulde stole paa Vaarherre; der lærde dei at dei skulde hjelpe seg sjølve; og naar dei hadde lært det, so klara dei seg sjølve; for arbeide, det kunde dei! – Daniel kom seg ikkje til aa segja Storr imot i Kveld. Han hadde Rett i sùmt; serleg var der mykje i det han sagde um Bøndane.

– «Oh, oh, oh!» lo Aslak Fjordan burt i Kroken sin, han vart meir og meir høgmælt; «eg held med deim som vil ha Prestane avtekne, eg; der er eg med; oh! oh! oh! dei Svinebeisti. Stend dei ikkje der og lyg so det renn av deim kvar Guds skapte Sundag! Trur dei ikkje me veit at Jesus vart Gud paa Kyrkjemøte i Nikæa 300 Aar etter han var daud? hoh-oh-oh! utnemnd til Gud med simpelt Fleirtal? Og Fleirtal fekk han, av di Keisaren gjekk med! hadde Keisaren gjengi med Arius daa, som han gjorde fleire Gongir fyrr, so hadde Jesus aldri i Verdi vorti Gud! Det veit dei, Svinebeisti!» – Hu, for eit Skravl. For Raaskap i Tanke og Tale; sjølve Dialekten var simpel! Men Gregus Johnsen sat og nikka og totte Aslak tala godt; kannhende livde han paa Aslak i denne Tid. Ender og Gong strauk han seg gjenom Haare; heldt so Fingrane framfor seg og stirde paa deim med myrk Andlitsbragd; vilde sjaa um det hadde fylgt Haar med … ein Tokke av noko forkomi, armodslegt, fantefari fekk Daniel, naar han saag paa desse Karane; han snudde seg ifraa deim med Mothug.

«Ja Gu vaagar han seg inn!» sagde Endre Storr laagt og stirde mot Døri. Daniel fylgde Augo hans og fekk der sjaa ein Mann, som han totte han skulde kjenne. Jau; han kjende Mannen. Det var Olai Bruvik. «Det er ein norsk Odelsbonde det,» sagde Storr. «Sjaa kor stød og paaliteleg han ser ut; so roleg og aalvorsam og ærleg; ein skulde tru det var ein Gudsfugl; og so er det ein utkropin Kjeltring. Han hev handla nokre Aar her i Byen; fekk Pengar med Kona og øydde deim upp; so livde han paa Vekslar; snytte halve Byen … for ingin kunde anna enn tru paa slik ei Aasyn! Men … her um Dagen spela han upp. Kreditorane skal hava Von um halvannan Prosent, vert det sagt.»

Daniel totte han fekk vera sjølvstendig og sagde, at det var Kjeltringar i Byen som paa Lande. Dertil svara Endre Storr Ja. Denne Bruvik var ein Repræsentant for heile Folke. Me gjekk her og galdt for aa vera so grunnstøde og ærlege; og naar alt kom ihop, so var me eit Folk av Fantastar. Lettlynde, usætande; Taterpakk. Det var ikkje ventande at Bonden skulde vera betre enn andre; tvertimot. Det skulde stor Kultur til, fyrr Folk lærde at det var gali aa ljuge, ja fyrr dei berre lærde aa skilja klaart millom Sanning og Lygn. Dette totte Daniel var underlege Ord; men han tagde. Dei drakk; Storr baud nye Sigarar.

– «Ei Minneskaal for Olsen den fyrste!» ropa Aslak Fjordan og drakk. «Olsen den fyrste var ein bra Kar! Hadde eg havt Raad, so skulde eg reist der upp i Morgo og fylgt han til Jordi. Elles saag eg lengi at han hadde Tæring.» Daniel vart forstøkt av aa høyre dette; hugsa so, at han skyldte Olsen den fyrste 4 Dalar, som han daa no slapp aa betala … «Hærland hev òg Tæring,» sagde Gregus Johnsen. «Ja det er verre», svara Strand; «Hærland er jagu eit av dei beste Hovud, eg hev kjent.» «Han kunde vorti noko stort, han,» sagde Aslak. «Men han hev havt det for vondt … mykje Arbeid og lite Mat; kaldt Rom, sunde Styvlar; det gjeng so i Verdi.» – Daniel kjende seg uhugleg; hu; aldri inn i det Live meir! So kom det yvi han ein Tanke som han slo ifraa seg: det vilde vera ein Lette for han, um alle hans gamle Kjenningar vilde døy. –

Daa dei gjekk, sat Aslak Fjordan og trætta med Strand um Fram; det høyrdest ut til, at Strand og Fram var Uvenir, og at Aslak vilde hava Strand til aa vera Skuld i dette. Men Strand banna paa, at det var Fram som hadde Skuldi. Daniel slapp ut usédd. Den einaste Kjenningen han sidan raaka, var ein «Røvar», som kom og gjorde seg kjend og snakka «folkeleg» Politik og bad um aa faa laane ein halv Dalar; Fyren saag fæl ut. Daniel stakk til han ei Mark og gjekk. –

– Uppe paa Steinsrud seig Dagane seint. Ein Dag stod det ein Post i «Den gode Borger», som Daniel meinte han kunde klara, og som han vilde ha søkt, um han hadde havt Laud. Som han gjekk og undrast paa, um det kunde nytte aa skriva til Pater um denne Posten, og faa han til aa leggja eit godt Ord inn for seg, – fekk han Brev fraa Kapellan Hirsch.

Det var eit langt Brev. Daniel vart mest kald um Hjarta, daa han kjende att Handskrifti. Uroleg flaug han Breve igjenom. Visste Kapellanen noko? –

Hirsch forklara Grunnane til, at han ikkje hadde skrìvi fyrr; det hadde mest komi av, at han meinte Daniel burde faa utvikle seg heilt sjølvstendigt. No trudde Kapellanen at Tidi kunde vera komi.

«Rud hev fortalt meg, at du sidan i Sumar hev vori Huslærar paa Lande; og der veit eg du hev samla deg og komi til Klaarskap um det som maa vera Grunnen i Live ditt,» skreiv han. Og han heldt fram: «Eg vil av Hjarta vone, at du hev berga Barnehugen din gjenom Stræve; for du veit, at det er Barne som eig Himilrike. Og iser held eg meg trygg paa, at du hev haldi deg fri av Byvase, denne tome, hole «formelle Daning» eller kva dei kallar det; du var ein for varm og ægte Natur til, at slikt skulde kunna bergtaka deg. Du hev set so mykje av Bylive, at du veit kva det er verdt. Kaate Munnar og kalde Hjarto; Smaamoro for Aalvor, Vitsar for Visdom, Dans ikring Gullkalven og Aping etter aandlause Motar istadenfor eit Liv i Kjærleik og Kraft, – det er i faae Ord Kjennemerki paa dette Live som dei vil skal gjelde for det høgste; eg vil ikkje tala um alt det som løyner seg attum Stasen, og som helst ikkje er nemnande. Kvar aalvorsam Tanke drep dei med Laatt; deira Livsvisdom er: lat oss eta og drikke, for i Morgo døyr me.

«Eg gløymer ikkje det som er godt og fagert i Byen; der er baade Kunst og andre Ting, som kan lyfte og gleda Aandi, og der vil alltid vera mange aa finne, som lìver eit sant Menneskjeliv midt i Tomleiken og Staake. Det eg talar um er det, som me serleg kallar «Bylive», dette Live som gjer Folk til Pyntedokkur og Dansemeistrar og drep Liv og Aand og Aalvor i eit endelaust Jag etter Fjas, og tømer Folk so reint for all aandeleg Merg, at dei sistpaa ikkje kann hava andre Meiningar og Tankar enn dei som er paa Moten. Og det vil du kjenne til likso godt som eg. Nei, – som eg trur eg paa min Maate lærde deg: Mannen er Gudskjelov anna enn ei Parykblokk eller uppklædd Dokke, og Live er noko anna enn aa kunna danse godt og vera Løve i ein Balsal. – Og det er det største, eg hev lært her paa Landsbygdi: at kor armt og skralt og ofte ufagert «Folkelive» kann taka seg ut for den som ser det «ovanfraa» gjenom Lorgnetten, – det er det, som eig mest av Sanning og Aalvor og Hjartelag; det er det som er det rikaste og sannaste i Grunnen. Her er lite Form, men dessmeir Innhald; det er klaare, klingande Malmen, ein her finn; Yta er kald og myrk, men under den gøymer der seg Gull, Hjartegull. Her maa me byrja; her maa den arbeide som vil vera med paa aa vekkje Folkeaandi i Norig.

«Du vil hava set, at eg i desse Aari hev havt mykje aa staa i. Eg hadde tenkt meg Folke annarleis i den Tidi daa eg laag og drøymde i Kristiania; mang ein Gong hev eg vori paa Veg til aa gjeva Trui upp. Det hev set meg ut til, at Folke ikkje berre var dvalebundi, men steingjengi under all denne Uaand, Matstræve paa den eine Sida og Pietismen paa den andre; at det var staalsliti og utlivt, reint magtlaust av det lange Marerìd. Men ettersom eg hev lært Folke liksom personlegt aa kjenne, hev desse myrke Tankane tint burt; eg skal, um me ein Gong raakast, kunna fortelja deg mangt um dette. Mykje leidt hev eg set; men meir Hjartegull hev eg funni. Og det tidt der ein skulde ha venta aa finne alt anna enn Gull.

Men eg hev meir og meir lært aa sjaa, at den rette Maaten aa vekkje Folke paa, det er ikkje aa sende Bonden til Byen, der han ofte vert utskjemd og gløymer baade «Moders Maal og Faders Skik» ; nei; Bonden maa vera Bonde, og faa Daning – sann Daning, Aands- og Hjartedaning – paa heilt upp heimsleg Grunn. Difor hev eg ikkje hjelpt andre enn deg til aa studere; eg hev heller sendt deim paa Folkehøgskulen. Denne er det største og fagraste som er uppkomi i Norderlandi i heile vaar Nytid; og den vil gjera eit Verk – fyrst og fremst her i Norig –, som framande Folk og komande Ættir skal undrast yvi.»

Kapellanen agta seg til aa byrja ein Folkehøgskule sjølv um eit Aars Tid eller so, fortalde Breve; han kunde ikkje faa gjort so mykje som han vilde naar han hadde Preste-Embætte aa styre; og no, daa Verfar hans var daain, fekk han Raad til aa vaage eit slikt Tiltak. Fyrst maatte han ut av Lande eit Aars Tid og kvile og samle Kunskap; men so skulde Tanken i Verk. Han spurde Daniel, um ikkje han vilde vera med paa dette.

«Det vert ikkje stor Løn, du fær; men det vert so mykje at du klarer deg paa Lands Vilkaar; og naar ein hev so ein klarar seg, so skal ein ikkje hava meir. Og eg veit at du hev vori uppglødd for dei Livs-Tankane, som dette Arbeide er bygt paa; og du veit, at Livsmaale for Mannen, det er aa hava noko stort aa arbeide og stride fyri; du vil òg aldri trega paa, at du hev ofra deg til so fager ei Aands-Teneste som dette er. Eg vil ikkje yvitelja deg; kvar fær taka det Arbeide han kjenner seg kalla til; der vil han best finne sitt Livsmaal. Men eg vil beda deg tenkje yvi, um du er stød paa at du kjenner ditt Kall retteleg. Du hev tenkt paa aa vera Prest; er du stød paa, at du vil magte denne tunge Gjerning i Tidir som desse? Eller kannhende Vitskapen dreg deg? Tenk i alle Tilfelle vel yvi det, at ingen Ting er verre enn aa, tage Feil af sin Bestemmelse '». Breve slutta med ei hjarteleg Helsing; Daniel drog Anden djupt og tenkte med Glede og halvt med Spott: han veit ikkje noko, han heller.

Det fyrste av Breve, det um Bylive, lagde Daniel lite Merke til. Det kunde vera sant paa ein Maate, men … det galdt mest um aa finne eit Svar paa dette um Folkehøgskulen.

Han hadde visst ikkje Kall til aa vera Høgskulelærar. Han hadde ingin rett Hug. Gaa der uppe millom Bøndane og lære deim Livsvisdom, det kunde vera fagert og godt … endaa Bonden kannhende trong likso mykje til annan Slags Lærdom. Vitskapsmann? Nei det hadde han aldri tenkt paa. Han brydde seg ikkje større um Vitskapen. Han skýna i Grunnen ikkje rett kva den var god for. Sanningi hadde me. Alt som Vaarherre hadde funni det tenlegt for oss aa vita, det hadde han upplyst oss um i Bibelen. Kva var det so dei leita etter? Og um dei aldri so lengi rota og grov i Kjøt og Blod og daude Skrottar, dei fann aldri ut kva Live var; og ikkje fekk dei vita noko um Live etter dette heller. Det dei leita etter visste Bibelen, og meir til. Di meir ein tenkte etter, di meir vilde ein finne, at Bibelen gav Svar paa alle vaare Spursmaal. Og dei Svari me der fann vilde vise seg aa vera dei djupaste og beste. Der var eit og anna i Bibelen, som me ikkje skýna; men det viste òg at Bibelen var Guds Ord; for hadde han vori Menneskjeverk, so hadde me kunna forstaa altsaman. Det var Teologi, Daniel alltid hadde tenkt paa. Den lærde oss aa tyde Bibelen; og ein Teolog kunde vita meir enn nokon annan um det som var verdt aa vita. Teologien var den einaste sanne Filosofi; den visste noko, den; men det som kalla seg Filosofi, det var berre Talemaatar. – Og naar han hadde lært det han skulde, so vilde han vera Prest. Ein Prest hadde ei fager Gjerning; og Presten var ein Mann som Folk hadde Bruk for, og som dei vyrde. Det var han som raadde for Kyrkja, og som var mest høyrd i Sokni; ingin kunde gjera so mykje som han. Og Daniel saag i sine Tankar ein hyggjeleg kvit Prestegard lyse fram millom grøne Tre; og han saag seg sjølv sitja der Far og Herre, og saag ei Prestekone som –; ja, det var Inga.

Nei, han vilde ikkje vera Folkehøgskulelærar. Han var ikkje ferdug med Studenterlive dessmeir. Til Byen att laut han. Der hadde han no mykje aa gjera; skulde lesa Teologi og andre Ting, og arbeide seg fram til sjølvstendige Meiningar … Som han gjekk og grúna paa dette, kom han til aa tenkje paa, at no var Kapellanen rik; no maatte han kunna hjelpe 'n? Naar det var Teologi han vilde studere? Den Tanken kveikte 'n so upp, at han straks sette seg til aa skrive Svarbrev.

Han var ikkje enno so klaar yvi sig sjølv, skreiv han, at han torde vaage aa svara anten Ja eller Nei paa Spursmaale um Folkehøgskulen. Det einaste han visste var, at han trong til aa lesa Teologi eit Aars Tid eller tvo. Han greidde ut dette med mange Ord, og fekk det rett godt til. Sistpaa kom han inn paa Pengenaudi si. Det var ikkje lett aa faa noko aa gjera for den som berre hadde Andre-Eksamen, so det kom visst til aa taka Tid fyrr han vann seg fram; men han fekk drygje og sjaa um det ikkje skulde laga seg. Meir var det ikkje verdt aa segja for det fyrste, tenkte Daniel; han sende Breve.

Lengi gjekk han og venta paa Svar. Han tok alt til aa undrast paa, um han skulde skrive til Grosserar Helle og freiste med honom. Men so kom det Brev fraa Kapellanen. Der stod, at Daniel skulde tala med Jens Rud: so vilde han gjera Utveg. Men Kapellanen vilde ikkje at Daniel skulde liggje altfor lengi og «lesa i Ro»; for den Teologien me no hadde, var den verste tyske Aandløysa som tenkjast kunde, og reint ut faarleg aa rote seg ned i; og naar alt kom ihop, so lærde ein meir av Live enn av alle Bøkar. Difor vilde Jens Rud sjaa aa skaffe han Arbeid naar det leid paa, men daa ikkje meir enn at han skulde kunna lesa samstundes,

Daniel lika ikkje dette siste so godt. Men ein Utveg var all Tid betre enn ingin. Og so fekk ein sjaa etterkvart. Daa han fortalde Hanna at han skulde reise, saag han at ho vart annars ved; og han kunde ikkje dylja for seg sjølv at han lika dette.

XIII.

Med Glede saag han Kristiania att, der det laag og dirra i Juli-Soli, graatt og svevntungt, tyrstande etter Regn. Her var daa i Grunnen den einaste Staden der ein Student kunde halde ut aa lìva; og han tenkte med seg sjølv, at han vilde heller slite sine Dagar som ein Ekstraskrivar her enn grava seg ned paa Bondebygdi og vera Lærar i Livsvisdom.

Han leigde seg eit 4 Dalars Rom i Homannsbyen; vilde bu som Folk. So gjekk han til Skræddaren. Betala sine gamle Klæde og borga seg nye, dei finaste han enno hadde aatt. Hjaa Hattemakaren kom han i Skade for aa kaupe seg ein Flosshatt; hadde ikkje nettupp tenkt paa dette; men ein Gong laut det no til. Sistpaa kaupte han eit Par svarte Hanskar. Og daa han so ein Dag stod for Spegilen og mynstra seg, kunde han ikkje anna finne enn at han saag godt ut. Skjegge hadde vaksi og Haare myrkna; og Aksline fekk han rette upp; det var elles mange som var akslegruve. Han krulla paa Munnskjegge og tenkte med seg, at naar han no berre kom paa Danseskule og fekk lært alt som høyrde den formelle Daning til, so skulde han bli ein rett præsentabel Herre.

Men daa han kom paa Gata i den nye Stasen sin, totte han alt Folk gjekk og glodde paa han. Dei fann det vel rart, at han, som berre var Bondegut, vilde gaa aa sprikje og vera Storkar … ha-ha; at slike Tankar enno kunde koma for 'n! Han keika seg upp og sette frons urbana so godt han kunde; for det var den, det spurdest um. Men det var ikkje alltid det hjelpte. Folk var so flirvise og krønske; fælt so store paa det; men dei kunde vente. Dei kunde vente, dei gode Folk. Naar han ein Gong kom i Kappe og Krage, og dei daa kannhende sat i Kyrkja og høyrde sin Dom av hans Munn, so gløymde dei nok aa flire; – huff, den som kunde bli Bisp! –

– Han gjekk paa Helsing til Grosserar Storr og vart vel fagna. Grosseraren sjølv var ikkje heime; men Fru Louise var greid. Reint som ei Syster var ho imot han, og vilde alltid han skulde fortelja um seg sjølv. Daniel hadde ikkje noko imot aa gjera henne til Viljes i dette Stykke; alt som han vilde ho skulde vita fortalde han. Og han fortalde ikkje anna enn som sant var. Han kunde forsvara kvart Ord, han sagde – for nokon Ljugar vilde han ikkje vera; – men han maatte undrast sjølv yvi kor godt han fekk det til. Sjølve Haud'en til Artium klara han fint; og daa Fru Storr sagde at Haud var ein god Karakter, og at Bror hennar heller ikkje hadde meir enn Haud til Artium, vart Daniel so fornøgd at Augo hans lyste gjenom Brilleglasi. Fru Storr saag seg glad paa desse Augo; dei var so djupe og trufaste, totte ho. So fortalde ho han, kor glade dei hadde vori i han der heime paa Stensrud; daa ho serskilt nemde Hanna, gjorde ho det paa ein slik Maate at Daniel vart raud. Fraa den Stundi tottest ho kjenne hans Hjartans Løyndom; men Daniel tottest likso tydeleg vita, kvar han hadde henne i den Saki. –

So gjekk han i Russelage. Der skulde det nye Studenterlive hans byrja; og han spaadde seg ein herleg Kveld millom den grøne Ungdomen. Men han kom snart etter, at Russen i Aar ikkje var som Russen i hans Tid. Det var Leven og Staak i Kveld som daa; men der var ikkje slik Glede i det. Og det som skulde vera morosamt, vart ofte etter hans Meining faami. Han undrast paa dette eit Bìl; fann sistpaa ein Grunn: det maatte koma av, at det i Aar var so mange Bondestudentar.

Han kjende dei Karane berre han saag deim. Og han lika deim mindre og mindre. Dette tunge og breide i Rørslur og Andlitsdrag, dette, som han fyrr hadde trutt var Kraft, – det var ikkje Kraft; det var «Raaheita». Bystudentane hadde ikkje noko sovori, men kunde vera like kraftige for det. Og det verste var, at Bondegutane no saag ut til aa gjera seg til av Raaskapen sin. Dei gjordest paa aa vera Bøndar; det var tilmed dei som gjekk bondeklædde. Og so gjekk dei og glodde paa Bystudentane og paa alt som fint var, med ein Storsnut so ulidande … Daniel fekk sjølv merke dette, og vart baade harm og heit.

Men verre enn verst var det, at Bystudentane fann seg i dette Bondevelde, ja gjorde Krus for Bøndane attpaa. Det gjekk so vidt, at der var Bystudentar som lagde seg etter aa sjaa ut som Bøndar sjølve. Daniel saag seg leid paa dette. Skulde det halde paa soleis, so vilde det snart ikkje vera noko framifraa aa vera Student. Alle desse Bondegutane drog Studenterlive ned; Folk vilde snart ikkje vyrde Studentane meir enn andre Seminaristar.

Punsen gjorde seg drjug; og daa han endeleg kom, var han ikkje drikkande. Det var Sukkervatn. Russetala hadde noko av det same. Der var mykje søtt og lite sterkt; mange Blomar, men lite til aa læ aat. Det meste var fagre Ord um Studenten som var «Folkets Søn», og Studenten som var «Bærer av Ideen»; Russen helsa alt dette med vill Eldhug; Daniel hadde so nær sjølv vorte rivin med; men so hugsa han i rette Stundi, at slikt vilde upplyste Folk kalle Frasur.

Og det vart verre og verre di lenger det leid. Det var ein som tala for vaare «folkelege Stormenn», som var «Utslag av den norske Folkeaand»; dei løyste det, som laag «bundet i Folket», og var Folkeførarar, Folkeskaldar, Folkekjempur, Folkefrelsarar. Ein annan tala i svimrande Ord um «Nordens Aand», som var alt og var god til alt; so kom det ein og tala for Folkehøgskulen, som var «Datter av Nordens Aand»; denne Skulen skulde vekkje Folke og løyse Folke og spela Folkeprinsessa ut av Havmannens Vald; men Havmannen var Materialismen. Sistpaa kom det ein ung Bygut upp og tala paa «Maalet»; daa vart Daniel baade skamfull og arg. Han lika ikkje aa høyre denne Bondelaaten i godt Lag; og naar ein fyrst med Slit og Slæp hadde arbeidt seg upp or Bondelive, so vilde ikkje han vera med og støype seg ned i det att. Han reiste seg og gjekk ut i eit Siderom. «Eit Lìve! fyre da' norska Maalet!» skreik Maalstrævaren; «Hurra! Hurra! Hurra!» svara Salen; Daniel meinte dei var galne.

Han sette seg ved eit Bord og smaka paa Punsen. Han kjende seg so leid og aaleine. Bøndane lika han ikkje; og millom Byfolke var han nok heller ikkje rett heime. Rangsnutt var alt. No hadde han fengi som ei Von um aa naa fram til fin Folkeskikk; men so gav Byfolke seg til aa vera Bøndar; det var plent liksom det han hadde stræva etter alle sine Dagar, ikkje skulde vera noko tess lenger no. Han forstod ikkje sovori. Og alt tok til aa gaa i Ring. Sistpaa vart hans harmfulle Tanke heftande ved Kapellan Hirsch. Hadde den … den … Drøymaren lært han upp paa vanleg Latinskulevis, so hadde han fyrr vorti Bymann. Men so var det, naar Fatikmanns Son skulde fram i Verdi; det gjekk paa Slump, og so gjekk det deretter. «Hurra! Hurra! Hurra!» kom det dundrande fraa Salen som Toreskrell, «Hurra! Hurra! Hurra!» verre og verre … og so ein Dur, eit Dunder av Klapping; og ut av Brake arbeidde det seg fram ein Song, sterkare og sterkare, sterkare og sterkare; og Songen vart til ein Storm som fyllte Huse:

«Ja vi elsker dette Landet som det stiger frem furet, veirbidt over Vandet med de tusind Hjem!»

Daniel sat og undrast paa, um dei der inne elska Fedralande slik som dei skreik til. Men elles var det minst fyri aa elske Fedralande for deim som hadde det godt.

Noko lenger utpaa Kvelden kom han i Lag med Strand og nokre andre; ein av desse hadde ei Konjakflaske med seg, og so fekk Daniel kvesse Punsen sin. Det gjorde godt. Men Strand gjorde Narr av Daniels «nye Menneske» og hadde lært seg til med ein Maate aa tala paa, halvt skjemtande og halvt spottande, som Daniel ikkje kunde like. Ein var aldri stød paa um han meinte det paa vondt eller godt det han sa; det var ein Bondestorsnut mykje verre enn frons urbana. Av dei andre lagde Daniel mest Merke til ein feit, bleik, roleg Fyr med ljost Haar, taksteinsraudt Skjegg og store Brillur; det var han, som hadde Konjakflaska med seg. Namne hans var Olai Juberg; det skulde daa vera han, som Haugum hadde sagt var so øydelagd? Det maatte vera noko stort Tøv. So var der ein halvgamall ein, som var framførd som «Cand. filos. Eleasar Karelius Manassesen Stormyrhals, almindelig kaldet Karl Magnus», ein svart-muskin, mager Nordlending; fraa dei gruve Aksline skaut Hals og Hovud seg fram som paa ein Fugl. Den fjorde i Lage var ein ung Russ, Aslak Mogen fraa Telemark: det var kannhende den fagraste Guten Daniel enno hadde set; men Bonde kunde ein sjaa han var. Daniel undrast lengi paa denne Guten; fann endeleg ut, at det maatte vera ein Ætting av desse gamle Odelsbøndane, som no snart vilde vera Mythe.

Karl Magnus førde Orde. Han var sterkt uppglødd yvi den unge Bergensaren som haddi tala Maal; soleis skulde det gaa; paa den Maaten skulde Maalsaki vinne. Russen var gild i Aar. Det var Folk med Aalvor; og so var der so mange Bøndar. Gilde, støde Gutar, seige som Bjørkekubbar; merkeleg gode, sterke Aasyn var det paa dei fleste; og so blygdest dei ikkje lenger for aa vera Bøndar. Han gjekk alltid um Hausten og saag paa Russen, fortalde han; saag etter korleis Aakeren stod; um det var Grøde som var verd aa berge inn; han hadde slik Glede i den Tanken, at kvar ny Haust gav nye Vonir for Lande.

Men sùmt var det som var flirande med. Som no alle desse gamle, desse som gjekk og masa og aldri vart ferduge. Heile Aare laag dei i Hie, sùme uppaa Lande, andre paa ein Hybel; ingin visste um deim; men til Artium kom dei krekande fram, underlege og forkomne, folkerædde, holsvoltne, slìtne og bøtte, fælare og fælare for kvart Aar, meir og meir lurvelege, yvigrodde med Skjegg, med Ragg; ha-ha-ha, dei hadde Ragg! Gamle Vidunderbø, han var daa endeleg berga; Karl Magnus hadde sakna honom i Aar. Men no var det Lars Risvold; han vart visst likso seig han. Karl Magnus hadde lòti laane han Pengar til Eksamensavgift i Aar … 10 Dalar Netto, reint burtkasta. «Ja han lìver paa Laan no,» sagde Strand. «Men han held seg fin likevel!» svara Karl Magnus; «han rakar seg og gjeng med kvitt Slips … Det er det taapnaste du kann sjaa; alle Folk trur han er Teolog! Han ser ut som eit Asen i Messeserk eller som ein Sau i Snibel» … Di meir Karl Magnus drakk, di høgmæltare vart han; og han fikta med Armar og Akslir i ustanseleg Uro.

Ja det var mange av desse Landsgutane det gjekk sjeis med, sa Strand. Mange naadde ikkje Artium; andre rokk so langt, men ikkje lenger; sùme stansa med Andre Eksamen; og ikkje faae døydde; vonde Dagar og Slit drap mang ein Mann; og dei som naadde fram var ofte utslitne. «Og dei fleste vert Teologar,» sagde Olai Juberg med eit seint, rolegt Maal. Aa ja; Karl Magnus kjende deim, desse nye Bondeteologane; dei var audkjende; mykje fæl Fant; tunge som Kjølsvin, med myrke, breide, fanatiske Andlit, høvelege til Tukthusprestar eller Indremissjonærar … Men at Bondegutar flest gjekk den Vegen var rimelegt. Dei var upplærde til det, fyrst paa Aalmugskulen og sidan paa Seminarskulen; naar dei kom her inn visste dei ikkje kva Studering var; det einaste dei kunde var aa lære Leksur og tru paa Skulemeistaren; og so tok dei Teologien. Det kunde vera godt og vel, men … Pokkeren take han Gamle-Eirik Pontoppidan. «Og Ramslæringa,» sagde Strand. «Aa,» svara Karl Magnus, den er ikkje den verste! Naar det gjeld Pontoppidan trur eg Ramslæring er det likaste; for dei som lærer seg til aa tru at dei forstend Pontoppidan, dei vert Tullingar reint. Dei fær Fjøli for Augo og Ringen i Nasen so dei aldri lærer aa tenkje sjølvstendigt. Nei; men den kateketiske Metoden, Far! den er Ulykka! Det er beintfram Upplæring i aa vera Ettersnakkar og usjølvstendig; du skulde aldri sjaa slik Styggedom!» – «Aa, naar det kjem til Stykke,» sagde Strand, «so er det Dogmatiken som maa ut or Skulen, skal det bli Folk av oss.» – «Skaal, Strand!» sa Juberg. «Ja, ja; Heimen og Kyrkja greider no Trui best de i,» meinte Karl Magnus.

«Enn du daa, Aslak, vil du bli Teolog?» spurde Strand. «Aa langt ifraa,» svara Aslak, han smilte som eit Barn, «eg vil ikkje vera noko Slags Embættsmann eg.» «Det gjer De rett i,» sagde Karl Magnus. «Naar Folk kjem i Embætte er det som dei var daude. Dei vert bundne av alt dette «foreskrevne», og so somnar dei av; kapslar seg inn som Trikinar, og ét og drikk og avancerar etter Anciennitet» … «Ja, og so hev dei ikkje nokon Vyrdnad millom Folk,» meinte Aslak; «dei er so nautne at dei berre vert til Laatt. Og det dei røder um er Løn og Pensjonar; og som dei ser ut! Naar du ser slik ein gamall graa og sur og skakk og slìtin Fut eller Prest, so er det plent som du saag eit Par gamle skeive, ut-trødde Sko!» Aslak lo lystigt; dei andre med. Men Daniel var vond og kunde ikkje lenger like Aslak; – aa segja nokon Ting imot kunde sjølvsagt ikkje nytte i dette Lage.

Betre lika han seg, daa dei tok til aa fortelja Sogur fraa «Fabriken». Strand og Juberg fortalde i Kapp; Daniel lo so Taarine draup, og fortalde eit og anna som han sjølv kunde hugse; dei Par Aari paa Heltbergs Skule var dei gildaste han hadde livt! Karl Magnus forklaara, at Gammeln hadde gjort meir i vaart folkelege Utviklingsarbeid enn nokon kunde rekne ut; han heldt serleg fram, at so mange av Bondegutane fraa hans Skule vart Juristar og Filologar. Og det vart tidt vaare beste Folk. Til Døme vart millom andre Hærland nemnd; og Strand sagde, at det einaste denne vanta paa aa vera «fullvaksin» var, at han ikkje var Sosialist. Daniel merka seg dette. Karl Magnus lagde imot; men det kom seg vel berre av, at ikkje han heller var «fullvaksin» i den folkelege Politiken. –

Strand og Karl Magnus og Daniel gjekk sistpaa heim til Olai Juberg og drakk Øl. Samrøda kom no inn paa drjugare Ting; Strand og Juberg tala um sine Syndir som nok ikkje var faae; og det var Gutar som ikkje var bljuge for aa segja som det var til. Fælt so ufint som slikt var naar det ikkje hadde rette Svingen, tenkte Daniel. Han gav seg i Drøs med Karl Magnus; denne var no eit Grand fløvin og tok til aa fortelja um ei stor Uppfinning han arbeidde med; det var ei Fljugemaskine som han trudde vilde bli praktisk. Han grov og leitte i alle Lommur etter ei Teikning han hadde gjort til denne Maskina, men fann i Staden for den eit Brev, som førde Tanken hans inn paa ei ny Leid.

Breve var fraa ein Skulemeistar som hadde misst Posten sin, av di han var vel glad i godt Lag. Det hadde fleire Gongir vori Ugreidur med han; til Slutt hadde han gjort … gjort … «Skandale?» spurde Daniel; «aa ja; og so vart han sat paa berr Bakke. No vilde han her inn til Hovedstaden og søkje si Næring; og det var ein glup Kar; men Karl Magnus visste at det ikkje kunde nytte. «Ein Fyr som er avsett for Fyll!» – Daniel hadde vondt av Skulemeistaren. Men naar Folk ikkje tok seg i Agt …

«Ja, ja; det er det, som er Ulykka,» sagde Daniel, han tok og til aa faa vel mykje Øl; det er det som er Ulykka … Folk vil lìva godt og … hava det godt … i Staden for aa arbeide og spare. Tenar dei noko, so gjeng det til Stas og Fjas; dei ét det upp og drikk det upp … og sidan gjeng dei og drøymer og drøymer og liter paa Slumpelykka; gjeng det gali, so kann dei alltid faa Arbeid sidan … Slikt gjeng aldri godt. Det er Villmannskap! Bonden er ikkje lenger den … Odelsbonden, som han var i gamle Dagar; Garden hans stend i Pant i Hypothekbanken … og so gjeng Bonden og trælar for den; og det vert upp i Fant alt ihop. Det hev vori sagt mange fagre Ord i Kveld um Upplysning og Aandsliv; men … ja. Folke maa lære aa arbeide; det er Tingen!»

Strand sat og glodde paa Daniel med heite Augo; so sette han i og svor paa, at den som sagde at Folke ikkje arbeidde, han laug. Og den som sagde at Folke livde for godt, han var eit Talghovud … Det kunde vel hende at desse Proprietærane uppaa Kaksebygdi livde som Naut og drakk Skogane sine upp i Sjampanje; men dersom Braut trudde, at Bøndane i det heile var slike Skadedyr, so var ikkje han Mannen til aa føre det store Ord i den Sak. Daniel stirde paa Strand; hadde aldri set Maken til Augo: dei lyste brandgult som paa ein Orm; «eg hev vel Rett til aa hava Meiningar, eg og,» stota han. «Dei Meiningane De hev lært uppaa Kaksebygdi, dei kann De hava for Dykk sjølv,» svara Strand eggjande; «og elles hev De vel aldri havt meir 'Meiningar' enn De hadde godt av, Herr Braut!» Daniel var uroleg; han svara: «eg hev aldri vori Partimann … Eg bryr meg Pokker um Politiken … Det eine Partie kann vera likso godt og likso gali som det andre … Skillingspolitiken, den hev eg no aldri trutt paa … Lande vert ikkje rikt av aa knipe inn 20 Dalar paa ein stakkars Pensjon … Kannhende er det ikkje Gull alt som glimar i denne Folkehøgskulen heller; hadde Kandidat Meier fengi det Prestekalle han søkte …» – «Hev Meier søkt Prestekall?» harska Strand i. «Han hev kje so mykje som teki practicum !» skreik Karl Magnus. Daniel kjende seg vaapnlaus og vart rædd. «De vil kanskje prøve aa kaste Mistanke paa ein Mann som Meier, De?» spurde Strand; «det er Fanden gale meg det sjoflaste eg hev høyrt. Koma med beint ut Lygn for aa sverte ein Mann, som hev sett heile sitt Liv inn paa aa hjelpe Bonden! Meier er ein Mann som skulde hava Takk og Vyrdnad av heile Lande; og minst av alle tenkjer eg Herr Daniel Braut hev Rett til aa tala um uægte Gull!» Strand eggja seg meir og meir upp, og vart sistpaa so grov og leid, at Daniel ikkje saag seg onnor Raad enn aa koma seg av Garde. Med tungt Hovud rusla han heim; han hata Strand og heile Hurven; det var reine Raaheita alt ihop. –

– Um Morgonen vakna han fyllesjuk og leid. Det siste av Gaarkvelden hugsa han uklaart; laag og stræva i pinefull Uro med aa draga seg det til Minnes; og di meir han hugsa det, di sveittare vart han. Aldri i Verdi torde han koma til Jens Rud no; han fekk skrive til han, og helst med same.

Han skreiv. – Og fekk skriftlegt Svar. Stutt og rolegt. Jens sende han ein Setel som gav han Rett til aa hevja 10 Dalar Maanaden hjaa Sakføraren hans; 10 Dalar, smaatt Stell, tenkte Daniel. So lova Jens at han skulde sjaa og finne Arbeid til han; naa, det vert vel ikkje so braadt, tenkte Daniel. Sistpaa Helsing fraa Kapellan Hirsch, som var i Tyskland, men venta seg heimatt til Vaaren; naa ikkje fyrr, tenkte Daniel.

Men av Tonen i Breve tok han den Tanken, at Jens ikkje lenger vilde hava noko Kjenskap med han. Daa kom det noko ubljugt og kaldt upp i han; og han sagde for seg sjølv: «godt og vel! Likso godt at dei veit det; so er eg kvitt deim.»

Men han lika seg ikkje rett. Han hadde liksom ein Usmak av seg sjølv; og han tenkte med Fælske paa, kor fint Jens Rud kunde smile. –

– Paa dei teologiske Fyrilesningane kom han til aa trivast godt. Han merka nok at han hadde gløymt ymist av sin Artiumskunskap; og mangt av det som ein her burde kunna hadde han aldri visst; han fekk taka seg Aalvor fyri og lesa, so snart han fekk Stundir til det. Men sjølve Teologien vart han glad i; og det var noko Tøv, det Karl Magnus hadde sagt um denne Lærdomen. For her var meir enn nok til aa prøve Tanken sin paa, og meir enn nok til aa granske. Mest dagstødt kom Professorane inn paa djupe, vande Spursmaal, som stundom var so svære at han aldri hadde tenkt det kunde finnast slike i Trui. Men di sværare dei var, di gildare var det; for han visste alltid so trygt, at Professoren vilde vita aa greide deim til Slutt paa den rette, fyriskrivne Maaten.

Ein av dei fyrste Dagane raaka han Haugum, som han helsa paa med stor Glede; med honom skulde han vel finnast att. Men Haugum viste seg aa vera den same som han hadde vori, kannhende heller eit Grand stridare. Han gjekk so vidt, at han kritisera sjølve Professorane; og alt som ikkje var etter hans Hovud, det var «aandlaust» og meiningslaust og ravgali paa alle Maatar. Daniel kunde ikkje like slikt. Det var Fanatisme; og han skýna at der ikkje var Raad med Haugum. Sidan tala dei sjeldan um høgare Spursmaal; Daniel kunde ikkje vera som han vilde naar han rødde med sin gamle Vén.

Um Kjærasten til Haugum fekk han vita at ho ikkje var so rik som ho kunde ha vori; Far hennar hadde sett mest alle Pengane sine i Skipspartar, og hadde havt svære Tap i seinare Tid. «Er det den fyrste du hev elska dette?» spurde Daniel. «Aa langtifraa,» svara Haugum og lo; «eg hev elska so mange!» – «Ja men for Aalvor?» – – «For Aalvor hev eg berre elska ei fyrr, og ho narra meg.» – Um ei Stund heldt han fram; «det er sant: kor lìver Hanna Stensrud? Ho er ikkje forlova enno?» – «Ikkje det eg veit.» – «Hm, rart nok! Ho var so gode Venir med ein Løytnant her inne … sùme segjer med tvo. Men dei fann henne vel ikkje rik nok.» Daniel vart uroleg; «er ho ikkje rik?» spurde han. «Aa jau; for oss so –. Kannhende du tenkjer paa henne?» – «Aa langtifraa!»

Elles hadde dei fleste vorti meir eller mindre umskapte; noko som ein ny Hâm hadde lagt seg yvi deim; det var vel den akademiske Borgarskapen. Sùme hadde laga seg so um, at dei lite var attkjennande; det galdt vel um Teologane mest. Der gjekk t. D. Johannes Ortvedt reint som ein ny Mann; han var svartklædd og høgtidsam, og smilte men lo ikkje lenger. Jens Rud las Jus; men det vart fortalt at han vilde heim og bli Gardbrukar. Markus Olivarius studera «Jus, Filologi, Teologi, Medicin og andre Vitskapar», og «visste alt som andre ikkje visste». Aslak Fjordan var farin til Amerika; «det var ikkje Raad at ein akademisk Borgar kunde gjera noko til Gagns her i Lande», skulde han hava sagt. Sven Dufva laag paa Lande og kvilde Hovude sitt; Gregus Johnsen laag paa Lande og «samla Inntrykk»; Rødberg fór ikring paa Vestlande og var Lægprædikant. Det vart i det heile sjeldan noko av det med Bondestudentane, etter som Daniel kunde skýna; dei som kom nokon Veg var dei som slog seg paa Teologi.

– Paa ei Ettermiddagsfyrilesning raaka Daniel sin gamle Skulekammerat Kristian Bliland; det var berre med Naudi dei kjende kvarandre att. Dei hadde mykje aa drøse um no; og Daniel fylgde Kristian heim paa Rome hans. Det viste seg at Kristian var den same i Lag og i Aatferd; men Meiningar hadde han skift um ymse Ting; og daa vart Daniel so glad, at han vaaga seg fram med mykje av det han elles ikkje torde tala um.

Dei samdest rett godt. Kristian vilde fylgje dei «folkelege», naar han berre kunde vera stød paa at dei ikkje gjorde alt for fast Samlag med Grundtvigsmennane; «ja er det ikkje det eg òg er rædd?» sagde Daniel; «dei er Grundtvigsmennar mest alle ihop; og mange er reine Rasjonalistar!» – «Ja, Rasjonalistane er no ikkje so faarlege,» svara Krìstian rolegt; «det er dei grundtvigske med sine Folkehøgskular og alt det –; skulde dei faa Inngang i Folke … med sin Pelagianisme og heile sin flaae og grunde Kristendom … so Gud hjelpe oss.» – «Det er sant,» sagde Daniel; «og no er dei alt komne so langt at dei tek til aa snakke beintfram um aa taka Kristendomen ut or Skulen!» «Det kann eg ikkje tru,» svara Kristian aalvorsamt. «Tru? Eg hev høyrt det med mine eigne Øyro; – ja av Teologar hev eg høyrt det!» Kristian rugga paa Hovude. «Og det som er verre enn alt,» heldt Daniel fram, «eg hev høyrt sagt ende ut, at Rettfylgdi av desse folkelege Tankane er Sosialismen! Sosialisme og Kommunisme … er det ikkje fælt?» Kristian saag reint fortenkt ut. «Eg for min Part,» heldt Daniel fram og gjorde seg roleg, «hev i seinare Tid funni det best aa slaa meg ifraa Politiken og dei Ting; for det er ikkje godt aa vita kor langt ein kann fylgje med no, tykkjer eg.» – «Nei,» sagde Kristian; «det gjeld nok aa sjaa seg fyri.» Daniel var so glad at han undrast paa det sjølv.

Han aat til Kvelds hjaa Kristian, men fekk korkje Øl til Maten eller Toddy etterpaa. Kristian lagde iser ut um Grundtviglæra og kor faarleg den var; sidan fortalde han um, at dei paa Latinskulen hadde havt slik ein merkeleg Mann til Religionslærar i dei siste Par Aari. Daa Daniel vilde gaa, sagde Kristian: «skulde det ikkje vera godt um me bad med kvarandre i Kveld?» – Au, stend det slik til, tenkte Daniel; «jau, jau, gjerne,» stota han.

Og so maatte han høyre paa Kveldsbøni hans Kristian, som vart baade lang og drjug. Ja; den, som var so langt komin! Daniel for sin Part fekk vel drygje til han vart Prest. So lengi ein laag her og studera, hadde ein so mykje anna aa tenkje paa … det var ikkje so greidt. Elles var det no som ein tok det til med denne Bondeskikken aa «halde Bøni»; i fine Hus brùka dei det aldri, og dei kunde vel vera like gode Kristne for det? – Daniel gjekk, so snart Bøni var fraaseg-gjord; og han aat ikkje oftare til Kvelds hjaa Kristian Bliland.

Men stundom aat han til Kvelds hjaa Endre Storr. Fru Louise var alltid hyggjeleg; og so lærde han formel Daning i det Huse. Grosseraren kom Daniel til aa like betre og betre etterkvart. Det var ein vitug Mann; og han var ikkje so materialistisk heller som fyrr; det var som han fekk meir og meir Vyrdnad for den akademiske Daning etterkvart som han saag, at det var fraa den me maatte vente den største Hjelp mot Frasepolitiken. Student Stensrud og hans Venir vanka jamt hjaa Storr; Daniel vart so halvt um halvt kjend med sùme av deim; og han fann ut etterkvart, og vart glad ved det: at paa Botnen var dei ikkje so overlag fine endaa.

Noko anna tok han au til aa skýna som gjorde 'n godt: Folk flest var visst ikkje stort sjølvstendigare enn han hadde vori. Det var nok ein heller aalmenn Ting det, at Folk laante sine Meiningar av andre; og so vart dei sjølvstendige med Aari, etterkvart som desse laante Meiningane grodde seg fast i deim. Daniel hadde ei Kjenning av, at han snart skulde vera likso sjølvstendig som nokon av dei andre; Halvor Mosebø kunde for den Skuld vera kor han vilde med Fyrilesningane yvi Etiken.

Meir og meir lærde han aa forstaa, at det ikkje kunde nytte aa «tru paa Bonden». Han hugsa den Kallen, som han gjekk burt etter Bygdine skìtin og svart og gróv i Moldi og tenkte berre paa det som gav i Gryta, full av Hat og Mistru til Autoritet og Daning og Upplysning … Skular vilde han ikkje hava; Jensens Lesebok var Djevelskap; vilde ein lære han Folkeskikk, so berre vart han vond eller gjorde Gjøn; og Statssakir hadde han so lite Tanke um, at han lét seg køyre i Ring av Jaabæk; og denne Bonden skulde vera Landsstyrar! I Grunnen var det vel ingin som meinte slikt. Dei som sagde det hadde sine eigne Fyrimaal … Hjelpe Bonden fram? Bonden vilde ikkje fram. Han kunde ikkje koma fram heller; han hadde ikkje Raad til det. Han laut slite all sin Dag for Maten til Munns; han fekk ikkje Stundir til aa lære. Det nytta ikkje aa snakke um slikt. Det var berre dei som hadde Raad, som kunde vera upplyste. –

– Med Pengar hadde Daniel vandt um aa klara seg; og verre vart det. Og endaa laut han stundom hjelpe andre. Lars Risvold kom upp ein Kveld og sette seg til aa prata … Daniel skýna so godt kva han vilde, og ynskte Fyren til Bloksberg. Men dersom no den Stakkaren gjekk og svalt? so skulde ein hava det paa Samvite, um ein svara nei … Det var sant det gamle Orde, at Armod var Synd. Slike Gagnløysur som gjekk og livde av aa plundre sin Næste, dei fortente aa svelte, naar alt kom ihop. Fleire slike Stakarar kom; millom deim Peder Monsen, som vilde laane ein Dalar til i Morgo; han fekk med det same Tilføre til aa fortelja, at han ikkje hadde sagt noko til Jens Rud um den Pipekonserten – hm. Ein Kveld kom Bent Bu; han helsa paa Daniel som «Skulekammerat» og var «gamall Kjenning». Daniel hugsa ikkje Fyren, ikkje Namne dessmeir, men torde ikkje anna enn halde gode Minur; han reiv i Øl og drakk Skaal for «gamle Dagar» og var i si verste Beit. Men Bent Bu fortalde med Laatt og Gaman um korleis han hadde freista Live. Svolti hadde han tidt og traadt; meir enn ein Gong hadde han livt i Dagevis paa berre kaldt Vatn; men like kaut hadde han vori kor som var; og so hadde han havt det godt med, sùme Tidir. Millom anna hadde han skrivi i Avisur, laga ihop Skrynjur og selt dei til «Posten» for ei Mark Stykke, og anna slikt; men det beste Spikke han hadde gjort, det var daa han heldt Strid med seg sjølv i «Bondevennen» og «Posten» um Folkehøgskulen. Skreiv fyrst eit Stykke i «Posten» under Merke «Audiatur et altera pars» – ha-ha –; skreiv so eit Stykke i «Bondevennen» imot seg sjølv so Busti fauk, og fekk Pengar baade i «Posten» og i «Bondevennen». Ja, ja! kva Fanden gjorde det? Kunde det ikkje vera det same for dei Fillebladi kven som skreiv, berre det var godt skrivi? – Jau; Daniel kunde ikkje motsegja det; han lika i Grunnen denne djerve Karen som var so lite Partimann. Men Enden paa Visa var: laana meg ein Dalar.

Det vart snart so smaatt for Daniel, at han laut til aa laane att sjølv. «Studenterlive» vart det daa lite av med.

Han var aat aa koma i Lag med Olai Juberg og hans Jamlikar, Karar som hadde Greide paa baade Studenterliv og Kristiania-Romantik; og slikt burde ein lære aa kjenne, meinte Daniel. Men Pengar laut til; og kvar skulde ein taka deim. Kapellan Hirsch hadde sett han reint paa Sveltefôring her inne.

Naar han um Maanadsdagen fekk sine tie Dalar, var det berre so vidt han fekk stogge dei verste Kravsmennane; so var han snaud. Han gjekk som inni ein stor Ring av gamall og ny Gjeld, og Ringen drog seg meir og meir ihop, og tettare og tettare inntil … han saag godt at dette ikkje lengi vilde greide seg. Og so kunde han kvar Dag vente at Jens Rud kom og baud han Arbeid, fælt, aandlaust Skulearbeid …

– Skulde han gjera seg uvyrdin og bêle til Hanna? Ho var ikkje stygg. Ho hadde endaa havt Løytnantar til Friarar … Og so hadde ho Daning; var Dame. Ho kunde spela Piano. Og hadde Sans for Poesi; ikkje so lite Sans for Poesi. Og kunde laga Mat attpaa. Gjorde han det, so kunde han faa Pengehjelp av Proprietæren; han kom med ein Gong ut av all si Skuld og Naud, og kunde endeleg ein Gong faa lìva eit Par glade Studenteraar…

Naar han vart eldre og fekk Embætte vilde han umvende seg og taka Live aalvorsamt; og daa vilde Hanna vera serskilt høveleg. Inga? Ja, men naar han ikkje fekk Pengar, so vart han gangande her i alle sine Dagar, vart gamall Student eller Skulemeistar, og kunde ikkje gifte seg med henne kor som var. Kor visste dessutan han, at Inga Holm brydde seg um Daniel Sørbraut? Det heile var noko Tøv; Barnedraumar, Gutegrillur; naar det kom til Aalvor i denne Verdi, so kunde det nok ikkje nytte aa hefte seg burt med sovori.

Oftare og oftare tenkte han paa dette; men med Friarbreve vart det inkje av. Kvar Gong han skulde til, misste han Hùgen. I Staden tok han til aa spara.

Ein sur myrk Vinterdag flutte han uppaa Hægdehaugen og leigde seg inn i eit Kot til halv tridje Dalar; sidan bar det i Veg med «Middag paa Dampen». Det var hardt aa gaa paa det no. Naar han kom inn i den store myrke Matsalen, var der ei Matlukt so ram og stram, at han vart mett med same; og so var her so «folkelegt» og fælt. Klokka vel 2 kom Armodsdomen fraa Skulane og Universitete strøymande; ikkje minst alle desse Smaafolkssønine som studera … han hadde aldri fyrr visst at dei var so stygge. Og han kjende Lukt av Hybelen, av gamall Tobaksrøyk og Parafin, av Kaffemaskinar, Hushaldsbraud, Pultost; og han saag Minningar av all den Vesaldom som fylgjer med, naar tunge Arbeidskraftir sèt seg til og les, i Staden for aa slite og arbeide i den friske Lufti. Sjølve Maten smaka «folkelegt» her; han maatte ha vori fælt demokratisk i den Tidi daa han lika denne Kosten. Ender og daa saag han Kjenningar som han ikkje vilde raake, slike som Hærland eller Fram; dei saag endaa skralare ut enn fyrr, totte han. Serleg Fram; han var lang og losliten og mager, med eit langt Lurvehaar ned-yvi Øyro og Akslir, so han saag ut som ein Kommunard; det var ikkje likt til at dei «store Ideane» kunde korkje føde eller klæde sine Folk. Daa hadde dei det betre, desse gamle Departementskarane og Pensjonistane som daa hadde sitt Brød; endaa dei saag ikkje glade ut dei heller, der dei sat og maula yvi Lapskausen og sine svikne Vonir, trøytte og leide, graae av Papirdumbe og Kontorluft, med smale, magre, turre Andlit, med Maanar og Fleinskallar og graatt Skjegg … Busteper'ar, Hønsehaukar med fallande Fjør, – underlege Motstykke til Studentane. Men her og kvar sat Mennar av Folke, skitne, tettbygde, stolpesterke Arbeidsmennar, og aat og drakk so rolegt og hjartelegt som det ikkje skulde finnast den Ting paa Jordi som heitte den Dag i Morgo.

Daniel sat og saag paa dei gamle, til dess han forstod deim. Dei hadde drøymt stort og fagert, dei au ein Gong; og so skulde dei no sitja her og maule Labskaus millom Arbeidsmennar og Fiskekjeringar. Det var fælt aa tenkje paa. Og endaa vilde Jaabæk knipe; knipe og knipe paa kvar stakkars Skillingen som ein arm Statstenar skulde freiste Live med i den gledelause Alderdomen. «Folke»? Folke saag dei her rundt ikring seg, sterkt, raatt, friskt; Folke livde likso godt som dei, betre enn dei, og hadde ikkje kosta ein Skilling paa aa lære Vitskap. Ein dugande Arbeidskar tente kannhende ein Dalar Dagen; og han hadde ikkje Obligasjonar sugande paa seg som Blodiglar, eller ein Flok Gutar som var nøydde til aa studere … Folke hadde det godt; dei upplyste hadde det vondt; og endaa sat han Bonden der uppi Tinge og vilde knipe og knipe … for no var det Raaskapen som skulde regjere; Raaskapen skulde styre Rike og Land! Daniel kunde godt forstaa at dei kalla Jaabæk upp paa sine Hestar og Hundar.

Embættsstande maatte bergast uppe; han saag det klaart. Den raae Hopen vilde at alt skulde vera Hop; og so laag dei og nivellera og nivellera og vilde røre allting saman i ei Surpe. Det var komi so vidt, at Bondegutar gjekk her og gjorde Narr av Embættsmennane … og dei hadde Rett paa ei Vis: Embættsmennane var ikkje lenger det dei hadde vori. Men slikt dugde ikkje lenger. Noko maatte der vera i eit Samfund som lyfte seg upp yvi Mugen; noko maatte der vera som var stort og ædelt og hadde Glans og Autoritet; ein Statstenar og hans Yrkje maatte staa som noko høgt og heilagt; Embættsstande var det einaste som kunde lìva eit Aandsliv her hjaa oss; den akademiske Daning var Ideens Presteskap; og det var uforsvarlegt at Ideens Prestar svalt. Men Folke skulde arbeide, arbeide og tena Pengar. Daa vilde alt bli hyggjelegt og godt som i gamle Dagar; Skillingspolitiken vilde døy, og den gamle Odelsbonden vilde paa nytt koma til Magt i Norigs Dalar.

Han saag det so klaart! og saag det i slik ein stor, blaanande Samanheng; det var den største Tanken han hadde havt. Og no tenkte han sjølvstendigt. –

– Ein Dag etter Nyaar kom Jens Rud og baud Daniel Arbeid. Hærland hadde vorti sjuk og maatte faa ein i Staden sin ei Tid; 14 Dagar eller so; ein fekk vone at det ikkje vart lenger. Daniel vilde og vone det. Han tok imot Tilbòde med ein Takk som ikkje var svært varm.

Og Arbeide gjekk som han tok det til. Gutane var vrange og leide og Skulearbeide aandlaust; Timane vilde aldri taka Ende; han kunde stelle seg so eller so. Karl Magnus, som var Lærar ved same Skulen, var 'n stundom til Hjelp; men kvar Dag, naar han trøytt rusla heim fraa Skulen, svor han med seg sjølv paa, at no vilde han skrive til Hanna Stensrud. –

Han laut halde ut paa Skulen ein heil Maanad. Og so snart han var fri og hadde fengi Løni, so kom Rekningane. Rekningar i Rad og i Flokk, og Kameratar han hadde laant av, og Peder Monsen og Bent Bu som vilde laane …

Daa Daniel paa ei Vis hadde klara alt dette ifraa seg, kom Postguten med eit Brev. Daniel reiv det upp i uvisse Vonir –: det var fraa Jens i Larsebakken. Denne hadde spurt, at Herr Braut no skulde ha fengi ein god Skulepost; Bakke vilde daa ynskje Herr Braut til Lykke med denne. Elles vilde han segja at han hadde havt ymse Pengetap i seinare Tid … vilde vera svært takksam … berre eit lite Avdrag kvar Maanad … «Moldtræl!» murra Daniel og slengde Brevet.

– Det gjekk ikkje for seg, dette her. Han saag , at han ikkje klara seg. Han kom snart so djupt i Gjeld, at han fekk gaa og træle i alle sine Livedagar berre med aa betala. Skulde det bli Løni for alt hans lange Stræv, at han skulde lìva si Tid som ein ufri Mann, aldri bli Sjølveigar, alltid slite for andre? Kannhende naadde han ikkje so langt som til Embættseksamen dessmeir …

Og so at han skulde taka Hjelp av Kapellan Hirsch, – denne Aandsmannen, som til Takk for Hjelpi vilde hava han med for ein Svelteskilling paa eit Arbeid som Daniel ikkje lika! Det var ein ulidande Ting aa vera hjelpt fram i Verdi av andre. Det var som ein hadde selt Sjæli si. Alt det ein var og vart, det hadde ein andre aa takke fyre; og dei Karane, dei kravde sin Takk! Ein hadde ikkje fri Rett yvi seg sjølv; maatte hugse paa at Per og Paal vilde hava Glede av Pengane sine; og Kapellan Hirsch vilde hava meir, han. Daniel tenkte seg harm paa dette. Han vilde ikkje gaa soleis lenger; han vilde forlova seg og vera sin eigin Mann. Proprietær Stensrud sagde visst ikkje nei, naar han høyrde at Friaren var ein Mann med sjølvstendige Meiningar, og ein Mann som kunde vera teologisk Kandidat um tri Aar …

Han stræva lengi, fyrr han fekk Friarbreve i Stand. Det skulde som alle slike Brev vera kjærlegt; men so skulde han ikkje segja meir heller enn han kunde svara til, naar han raaka Kjærasten sjølv. Daa han var ferdug og hadde skrivi Utskrifti, vart han med ein Gong modlaus. Det var liksom so fælt, dette-her. At det skulde gaa soleis med Daniel Braut hadde han ikkje drøymt um. Og Inga Holm var nok ikkje so gløymd som han hadde tenkt. Stakkars Inga! Enn um ho no hadde gjengi i alle desse Aari og venta paa han? Han hugsa Middagslage i Klokkargarden; han saag henne i den koselege Klokkarstogo, søt og ung og fordrøymd; og der var Sol inne og ute, og Lauve i Hagen blakra i Sùmarvinden og kviskra um forlokkande Ting … Med Magt laut han drive burt Draumane. Hadde ikkje sjølve Kapellan Hirsch gift seg til Pengar? Hende ikkje slikt kvar Dag? Det var dei som gifte seg med 40 Aars Gjentur for Pengar; og Hanna var daa berre sju-otte og tjuge … Og so var han nøydd til, for Fanden! Han stakk Breve i Lumma og flaug paa Dør; best aa faa det av Stad, fyrr Tankane snudde.

Daa han kom paa Gata, strauk det framum han ei Ungmøy som var so dragande ven; strakst etter ei til; og endaa ei … friske, jomfruelege, blømande av Ungdom; varme, glade, daarande, forlokkande; han sukka av Saknad; Verdi var full av fagre Møyar, Møyar som Liljur, Møyar som doggfriske nysprungne Rosur; men han … Naa; um nokre Aar var dei likso gamle som Hanna Stensrud; han var ein Fatigmanns Son og fekk ikkje krevja det beste; naar han fekk Pengar skulde han nok greide det … Men daa han kom til Postkassa, vart det med ein Gong klaart for han, at det kunde drygje med Breve til i Morgo.

Paa Heimvegen dreiv han innum Karl Magnus; hadde ikkje Hùg til aa vera aaleine. Der sat Dølen og prata; men det høyrdest ut til at han var i Ulag, han med. Han jamra yvi, kor lite Hjelp han fekk, og kor armt dette Lande var aa lìva i for Folk som honom. Han heldt seg sjølv for so god ein Mann, baade med Kunskap og med Graavur elles, at i eit større Land kunde han havt det romt ; men her vart han Ekstraskrivar. Og sistpaa tok dei ifraa han den Bìten med, so han berre hadde sin arme «Døl» aa halde seg til; og den vilde mange lesa men faae betala. Skadebot for det han ved sin ærlege Tale hadde misst kunde han heller ikkje faa, og det endaa han meinte han hadde gjort likso mykje til Framhjelp for ein norsk Bokavl han som sùme andre.

Nei; ein skulde gjera Guano i dette Lande; det var det einaste Folk brydde seg um. Dette Lande var eit Fjos og ikkje ein Folkeheim; og naar Kui fekk sitt Vombfyll, ho, so var ho fornøgd. Det kunde ikkje nytte aa bjode fram Varur som Folk ikkje vilde hava; og kva Fanden brydde Nordmennane seg um Norskdom eller Guanokratana um Dikt? Regjeringi var eit Hønsehovud som ikkje forstod seg paa anna enn det aandeleg daude; og Storthingsbøndane dugde ikkje til anna enn til aa vera Rovediltarar for Presten. Haa! haa! jau det var Statsmennar! Dei gav 1000 Dalar til kvar gamall Prest som ikkje lenger kunde gøy, og skalv i Kneom so snart dei saag Fjøri i Futehaten; men kom det ein Mann som vilde skaffa Tankar inn i alt dette Fleske, so fekk han gaa til Fatig-Kassa; kvi Fanden gjorde han ikkje Flesk; han som dei andre? Ein kunde stundom tru at desse Samrøringane hadde Rett i, at Lande var for lite til aa vera eit Rike, eller at det ikkje var noko Land, men berre ei Samling av 400 Prestegjeld, som aldri kunde lære aa tenkje anna enn Fatigmanns Tankar; og Vaarherre maatte vita, um dette nasjonale Stræve vaart i Grunnen var anna enn tome Draumar, bygde paa Gravhaugar og gamle Eventyr.

Karl Magnus gjekk og dreiv i ein gamall vid, slìtin Slengfrakke og høyrde paa dette; stundom stana han framfor Spegilen og greidde sitt svarte Skjegg; uroleg og underleg var han; Daniel bad Gud fri seg for aa verte gamall Student. Stundom freista Karl Magnus aa koma til Ords, men det nytta sjeldan; Dølen vilde tala sjølv. Kva skulde han vel tru, spurde han, naar han saag kor lite dei norske Odelsbøndane brydde seg um baade Maale og Lande sitt? Dei gav sjuttan i heile Stasen og drog til Amerika; det var den Hjelpi, me fekk av deim. Og so sat han der, han stakkars Kroken, i sitt kalde Kammers og skreiv og skreiv, og blés paa Fingrane so dei ikkje skulde valne, og lo og slo seg glad til aa sleppe aa graate; og dei las og lo og hadde Gaman og totte den Dølen var ein trøysam Kar; men dei vilde ikkje hjelpe han so mykje som med lite Skriving dessmeir, so han kunde faa Tid til aa arbeide paa slikt som betre kunde vise kva han dugde til. Og var det ein Gut som det var Von i, so skulde du mest jamt sjaa at han døydde fyrr han vart mogin. Smaaruske og Skrape, det greidde seg; for det kunde lìve seg under kvar Tuve; men var det eit Ungtre som skaut seg upp, so vart det bròti av Vêr og Vind og vonde Dagar; og det verste var at ein laut segja dei var sæle som fara fekk. Som no denne Hærland'en. Det var just slik ein emneleg Gut; ein som Dølen hadde venta seg Hjelp av i sitt Stræv … no laag han der! Dølen grét. «Hærland? døyr han?» skvatt Daniel upp. «Ja,» svara Karl Magnus. «Han hev galopperande Tæring!» jamra Dølen.

Daniel reiste seg og sagde Godnatt. Døydde Hærland, so laut han taka Skulen … Han strauk ende ned til Posthuse att og lagde Friarbreve i Kassa. – –

– Svaret kom forunderleg braadt. Ho elska, hadde elska, vilde elske; og ho hadde den visse Von, at Far vilde samtykkje; no kom han snart til Byen, so Daniel kunde tala med han … Daniel sagde fleire Gongir til seg sjølv: no hev eg vunni.

Proprietæren meinte han at Fru Storr vilde greide best. Ho var snild, og ho visste kóss ein skulde taka Gamlen; Daniel gjekk til henne.

Fru Louise tok imot han smilande og mild. Og skalkut: «De er nok en Hjerteknuser, De?» Han svara for seg som han best kunde og spurde kva ho meinte Proprietæren vilde segja. Ho drog paa det eit Grand: «ja Papa, ser De, han har sine Griller» … «Og je eier jo ingen Ting» … «Naa,» smilte ho, «Di vil snart ha Embedseksamen, og Embede er saa godt som Arv; men, ser Di» … Ja var det noko anna, sa Daniel – han saag paa Fru Louise med Augo som gjenom Brilleglasi saag karakterfaste ut –, «so vil eg beda Dykk segja Proprietæren, at det eg lærde av honom, det hev eg tenkt yvi; og no er eg … no er eg sjølvstendig !» Daniel Braut sveitta. Ho heldt fram, liksom ho ikkje hadde høyrt dette siste: «ser De, Far er so glad i Hanna; han vil ikkje vera av med henne, er eg rædd; men, Herre Gud! den djerve hev Lykka med seg … « –

– Det var ein fager Dag i Slutten av Mai. Alt hadde greidt seg paa beste Maate. Og Proprietæren hadde ikkje vilja høyre eit Ord um, at Ver-son hans skulde gaa og træle med Skulemeistar-Arbeid; han skulde taka sin Eksamen; det vart nok Raad med det. Og gamle Stensrud hadde vori berre hyggjeleg.

No var Daniel Braut paa Vegen til Danseskulen. Trulova Mann maatte kunna danse; og no hadde han Raad til at koste Lærdomen paa seg òg. Han drog seg maklegt nedetter Gata i den unge Solglansen; og han kom til Lags med seg sjølv um, at han i Grunnen var vel farin.

Han var komin so langt, at han var trygg for seg. Hadde naatt Hamn etter lang Sigling og ymis Kryssing. Var ferdug med all den Ungdoms Ørske og Uklaare han fyrr hadde baska med. No var han komin til Ro. Var vaksin Mann. Visste kva han vilde.

Vaarherre hadde stelt det vel. Naar han saag attyvi Live sitt, skýna han Meiningi med det meste. Det einaste kunde vera den Haud'en til Artium. Men den tilgav han Vaarherre; Umvendingssogo si sprang han yvi.

Rud og Haugum og den Flokken, dei fekk segja kva dei vilde; han hadde so gode Folk paa si Side no, at han ikkje var rædd. Han vilde heller hava med seg heile det store upplyste Samfund enn ein Flokk fortumla Idealistar; og han var friare no, naar han heilt fekk fylgje si naturlege Trong til aa bøygje seg loyalt for all sann Autoritet, enn han var daa han var med og reiv ned paa Autoriteten. Det var sant som Professoren sagde: sann Fridom naadde ein ikkje ved aa raade seg, men ved aa bøygje seg.

Han var berga. Um nokre Aar vilde han vera komin inn i den Pyramiden av Glans og Magt som han alltid hadde drøymt um, og som var det høgste; daa kunde han med Sanning segja at han hadde naatt sitt Ideal. Han visste knapt nokon Ting som kunde vera gildare enn aa sitja paa ein gamall Prestegaard og vera Herre yvi Bøndar. Og daa skulde han lære Folke aa arbeide, arbeide … Han hadde vondt av den Ungdomen som gjekk her og kasta seg burt i Stræv for ville og lause «Idear», som aldri i Verdi kunde skaffe sine Folk anna enn slitne Frakkar og brotne Vonir. Men dei Skraalhalsane som gjekk og forførde Ungdomen og reiv ned paa alt, og ikkje var fornøgde med nokon Ting, dei kjende han at han var harm paa. Kva var det dei vilde for noko? Var ikkje Samfunde so godt stellt som ein kunde vente?

Han rette seg upp og saag seg ikring. Hm; der var dei att, desse Snobbane, desse Sviskeprinsane, som gjekk og glodde paa Folk og flirde … Pokkeren maatte vita kva dei hadde aa flire av. Med ein Gong gjekk det som ein Styng gjenom ham; der kom ei som var so lik Inga Holm. – Aa Gud, Inga Holm. At han ikkje hadde skrivi til henne fyrst. Han forstod det ikkje. Ho som var so ung og so søt; ho som hadde vori Draumen i hans Ungdom, Draumen, Huldri … Nei; han maatte ikkje tenkje paa slikt. Han hadde ikkje Løyve til det. Men han vilde kaupe Asbjørnsens Huldre-Eventyr …

– So mange fagre Møyar. Sùme unge og spede som sprettande Blom, andre rike og fulle som Svanur … Men no hadde han Pengar; no vilde han lìva eit Par glade Studentaraar; Vaarherre tilgav nok det; og andre turvte ikkje vita um det. Hanna, ho var vaksi og klok; ho vilde ikkje krevja meir av av han enn rimelegt; han skulde skrive til henne so ofte han kunde; ho fekk vera glad ho vart gift. Han skulde nok koma til aa halde av henne. Den som berre var yvi det fyrste Møte …

Det var ein underleg Ting aa vera trulova. Han var liksom ein annan Mann no. Det var dei som hadde Krav paa han, som aatte han … Men no kunde han au skrive heim og fortelja, at han var forlova med ei Frøken, ei rik, fin Frøken; det vilde vera noko aa faa vita for dei Bøndane der heime, og for Jens i Larsebakken, og Grosserar Helle … Han saag upp og lo.

Eit Stykke ned i Gata kom det tvo Karar gangande; han kvakk og vart uroleg; for den eine var Jens Rud. Men den andre? Den høge og graahærde med breid, svart Hatt? Daniel stirde som han var fraa seg. Det var daa vel aldri –. Det kunde daa aldri i Live vera … Kapellan Hirsch? –

Student Braut visste ikkje si arme Raad. Han snudde seg rundt, skaut Kryl paa Ryggen og tok til Beins med lange Stig; svinga so inn i ei Sidegate.