Mannfolk ELTeC-utgaven Garborg, Arne (1851-1924) ELTeC encoding Michael Preminger 60769 263 COST Action "Distant Reading for European Literary History" (CA16204) Zenodo.org ELTeC ELTeC release 1.1.0 ELTeC-$textLang ELTeC-$textLang release Teksten i bokselskap.no er basert på xml-fil mottatt fra Universitetet i Oslo/dokpro.uio.no. Dokpros tekst er hentet fra Skriftir i samling, b. 1, Aschehoug, Kristiania, 1921. 1921 Kristiania Aschehoug (W. Nygaard) NB. bokhylla A. Garborg Mannfolk 1886 https://www.wikidata.org/wiki/Q14434353

Converted by checkUp script for new releaseChecked by checkup scriptran oldCheckUp to update ENW Kodet om teksten til TEI P5. Kodekontroll.

I.

Festsalen i Kristiania Arbeidersamfund var i sin beste Stas, med Barkransar og Flagg rundt alle Veggir og mykje Ljos. Det var Haustgilde.

Musiken blés upp; Valsen gjékk i Gang; Salsgolve tok til aa disse under dei dansande Føtane.

I lange bugtande Radir, i svivande og svingande Kvervlar og Flokar sopa det av Stad. Varmen steig; Lufti tetna og tyngdest; stod snart som ein graa Eim mot det heite Gasljose.

I Døri millom Salen og Restaurasjonen stod Maalaren Bjølsvik, høg og bleik, med Hestelugg og Helteskjegg; han glodde kald-øygd ut-uvi all denne Stimen og ynskte med seg sjølv, at han var Doktar eller Skomakar. For det maatte bli «møe deili Tæring», og «fælt møe utslidte Skosaaler» av dette her, naar dei fekk halde paa til i Morgo tidleg.

Maalaren Bjølsvik dansa ikkje; og med sine 28 Aar heldt han seg for god til aa lære. Han hata Dansen dessutan; og iser kunde han undrast paa Kvendi. At dei vilde hoppe ikring paa den Maaten Time etter Time, det var meir enn Bjølsvik forstod; men Fanden fare i deim, dei var nok ikkje so mykje likare enn me endaa, naar det kom til Stykke.

Hadde endaa ikkje ho vori med. Ho som var so rein; ho, som med sine syttan Aar kunde tala so strengt um dei fæle Mannfolk. Han skulde jagu segja henne si Meining ein god Dag; den snilde Frøken Dagmar skulde faa vita kva han tenkte um slikt Humbug; sidan kunde ho gjera som ho vilde for honom; han var ikkje gift med henne.

Bjølsvik var i Ulag i Dag, urven og leid, «andendagsnervøs»; og det var daa som berre Dævelen, at det ikkje skulde vera Folk aa finne paa denne Sjappa, so mykje ein kunde faa seg ein ærleg Buttel Øl. For Øl maatte han ha i Kveld, og Folk maatte han finne; «Samvittiheda» var fælt vond etter den Hikstoria i Gaarkveld, og tyrst var han som den rike Mannen i Helvite.

Han dreiv ut gjennom Restaurasjonen endaa ein Gong og saag etter; men nei. Ikkje ein Kjeft. Der sat Skræddarar og Skomakarar i bataljonsvis, og disputera um Statsraadsak og Parlamentarisme som dei aldri i sine Dagar skulde ha gjort anna; men ein ærleg Maalarklatt, eller berre ein skarve Literat – fanst ikkje.

Bjølsvik banna den Dagen daa han vart fødd.

Han tenkte paa aa gaa sin Veg. Ein fekk sjangle uppi «Fallgruben»; der sat dei vel, heile Hurven. Daa dukkar med ein Gong fram or Folkestimen Maalaren Blytt, rak og rask og nervøs, smilande under sine Brillur og det bìkende svarte Heilskjegge.

Dei tvo Bandittane stana upp og saag paa kvarandre. Og dei smilte til kvarandre, og riste paa Hovude til kvarandre, og drog paa Aksline. «Mh? mh?» sa Blytt, «naa! Takk for igaar, for igaar!» «Takk sjøl for igaar, du Syndens Træl,» svara Bjølsvik i Bass, og dei tok kvarandre i Framlabbane so det knaka.

Inn gjenom Restaurasjonen bar det, heilt inn i det Rome der Disken var. «Du,» sa Bjølsvik, «du kan tru Sanvittiheda har vært krakilsk i Dag, du. Je maatte saagu av paa Sjappa, det første je gjorde i Dagmaares, og slaa paa 'a noe Øl, for aa døyve 'a saad'n foreløbig; men der maa nok mer til!» – «Mh? er du saa flott at du holder Samvittihet, du? Det maa je si'»; Blytt lo.

«Ja men Jøssu Nam, slik som vi slo oss lause i Gaarkveld!»

«Mh, mh, va 'ke saa farli det; ikke saa farli det nei. Nei. Ja du ble' altid lidt krakilsk du paa Slutten, du ja; det er sandt.»

«Jøsses; je vilde banke opp alle Mennesker,» brumla Bjølsvik.

Det galdt um aa faa Plass, fyrr «Pøblikum» kom. Det fekk dei; der var eit tomt Bord ved Langveggen, rett imot Disken. Der kunde dei sjaa alle som gjekk ut og inn, og det lika serleg Blytt. Og no skulde dei drikke «en aldeles syndig Masse Øl»; Bjølsvik var so tyrst «som et Par gamle Støvler paa et Tørreloft»; og Samvite hans var «saart som ein Bankebiff». «Hei, Jakob Skomaker! Øl i utrolige Kvantiteter!» Han sette i so Veggine kunde rivne.

Øle kom. Dei gav seg til aa smaaprata um i Gaarkveld.

Dei hadde vori i Middag hjaa Redaktør Klem, og der hadde dei havt det godt; men daa dei so endeleg rangla paa Heimvegen, so skulde dei innum paa «Fallgruben»; og der vart det Pjolter, maa-tru. «Diverse Pjoltere.» Herregud, det var Laurdags Kvelden. Og so hadde dei daa sistpaa komi paa «saad'n en liten halv kvart». Det kunde ikkje nytte aa negte for den Ting.

Og so hadde Bjølsvik bruka Munn, fyrst paa Husinspektøren som kom og gjorde seg vigtig – han burde havt meir, meir! sa Blytt; ja Gu! sa Bjølsvik –, og sidan paa Komediant Hornemann. Det var um Fru Nina Bøckmann, dei tvo hadde falli ut. Bjølsvik hadde sett seg paa Mose Stol og sagt, at slikt eit gift Kvinnfolk, som ikkje var fornøgd med den Mannen ho hadde, men gjekk og strauk seg uppetter alle Buksebein som ei gamal Kjette, ho burde, Fanden tordne, bli sauma i ein Sekk og søkt i Myri. Og so var det ikkje noko ho vilde heller. Hadde det endaa vori det. Men nei! Det einaste ho vilde var aa eggje Mannfolki upp, so dei skulde gaa der som Geitebukkar og gjera Kur alle sitt Livs Dagar. Daa hadde Hornemann, som nok sjølv i denne Tid gjekk paa Friing til Fru Bøckmann, reist seg og sagt, at den som førde slik Tale um ei Dame, og ikkje hadde annan Grunn for seg enn det lausaste Karljohans-Snakk, han var ingin Gentleman! Der vart eit Helvites Uppstyr. Sistpaa gjekk Bjølsvik Berserksgang og vilde like i Strupen paa Hornemann; det hadde lòti brùka Magt til aa faa Karane skilde.

Dette sat dei no og friska uppatt for kvarandre, og Bjølsvik ruska seg i Haare og banna og lo; for dette var baade leidt og løglegt. Og det gjorde so godt i Samvite aa faa det lagt fram.

– Dansen slutta, og Dansarlyden kom sigande fraa Salen i langt Drag, slitande seg inn gjennom Døri med Laatt og Leven, heite og raude som kom dei or Kokegryta. I ein halv Minutt var alle Stolar og Benkir fullsette, so Folk mest sat i Fange paa kvarandre. Ein Mann av Festnemndi dreiv att og fram med ei blaa Sløyfe paa Kjolekragen, skygnande rundt seg med aalvorsame Inspektør-Augo, helsande ender og daa. Ørsmaae Gutar med store Nummer paa Bringa bauta seg gjenom Stimen som Lakseungar i eit Stryk; dei skulde rundt i alle Rom med Øl, Brus, Selters, Vin, Kakur og Sigarar.

Blytt, som heile Tidi hadde Augo med seg, skvatt upp rett som det var og sa: «mange vakre Smaapiker her! mange vakre Smaapiker!» Tilslutt kom det ei, som han vart reint forgjord etter. «Se, se, se; nei se! ser du? Julie Lindner! ja. Hun i den brune Fløiels –; hun som gaar med Georg Jonathan; ser du? brun, brunett, rødbrunt Haar; nydelig Pike. Nydelig Pike.» Han sat og stirde som han vilde stire sine runde brune Augo ut or Hausen.

«Jøss, flott Gjente; ho er paa Kontore hjaa denne halvgalne Grosserar Storr,» sa Bjølsvik rolegt. «Han fær visst snart Kontore fullt av Kvinnfolk, den Fyren; han vil motarbeide Emancipasjonen, segjer han. Jadaa.»

Blytt undrast paa, um Georg Jonathan kunde klare aa vera Kontorchef hjaa Storr, naar so var. «Haremchef,» lo Bjølsvik. Dei vart øl-lentuge og tala meir um Haremchefar; strakst etter var dei inni eit Ordskifte um, kva som kunde vera verst eller best, Fleirgifte med Haremsskikkar, som Tyrken hadde det, eller Eingifte med Prostitusjon, so som det var hjaa os. Men Bjølsvik var ikkje heilt med; han undrast paa at han ikkje saag noko til Dagmar Dyring. –

– Snart etter var Dansen i Gang att der inne, og gjekk med sitt faste, sopande Taktslag som ein stor, lett pustande Maskin. I Døri til Salen stod fleire Karar og saag paa. Det var mest Ungkarar, og dei hadde vel kvar sitt aa sjaa etter. Men ein i Flokken var Ægtemann; og denne eine var Daniel Braut, cand. theol. og Lærar i Religion m. m. ved ein av dei lærde Skulane.

Han hadde meldt seg inn i dette Lage, daa han vilde hjelpe til med aa faa burt det Styre som no var, og som etter hans Meining øydelagde Arbeidarsamfunde, gjorde det um til ein politisk Klubb. At han var komin hit i Kveld kom seg av, at han vilde sjaa etter korleis det i rette Røyndi gjekk for seg her nede; han hadde høyrt so ymist um desse Danselagi i Arbeidarsamfunde. Enno hadde han ikkje set noko større. Ungdomen var alltid mykje gladare enn kristsømelegt kunde vera; og Kandidaten hadde set seg forarga paa baade det og det; men noko som ein serskilt kunde ha aa halde seg til visste han enno ikkje aa nemne. Den einaste som hadde gjort lite Skandale var hans gamle Kjenning Knutzon; han hadde vori her med eit Par Gjentur som Festnemndi ikkje vilde vita av; men kva skulde ein segja? Stakkars Knutzon; ein fekk ikkje døma han altfor strengt. Me kjende Knutzon.

Men Kand. Braut vilde vente til seinare, naar Folk vart fulle. Det skulde gleda honom, um alt vilde gaa nokorlunde skikkelegt heilt til Slutten; men han hadde sine Tvil. Den Aand som gjekk gjenom Arbeidarsamfunde no, den var ikkje av det gode.

Han hadde for ei Stund sluppi fraa Kona si. Her stod han no og drog i sitt brunraude Skjegg og glodde; og Augo hans tok smaatt um Senn til aa glinse under Gullbrilleglasi.

Det var Galoppade; Salen tok seg ut som ein Sjø i Smaatoppar.

Han var i denne Stundi ein Mann paa sine 36 til 37 Aar. Men Dansen og Stimen og Gleda drog han med seg, so han meir og meir gløymde kven han var, og létDjevelen paa ein reint uforsvarleg Maate faa Magti med sine Tankar.

Han fylgde med Augo desse lange Radir av Ungmøyar, der dei svimra av Stad paa dansande Føtar som i ei søt Ørske; han saag dei unge Barmane, halvt løynde og halvt synte av nette, lette Kjoleliv; han saag kvite Halsar yndefullt bøygde; han saag fine ungdomsfaste Mjødmir voggande i Dansen; trufast var dei fangtekne av djerve Mannsarmar, liksom Dansen skulde vara æveleg; han saag smaae, haarfagre Kvinnehuvud, som kvilde seg søteleg inn til Aksline av sterke Mennar, og Andlit som glødde, og halvopne Munnar i glad, løynsk Smiling, som visste Møyane med sjølve-seg, at det var dei som bar Livsens Løyndom, og at dei nok kunde gjera Gutane sæle naar dei berre vilde. Men Gutane heldt sine Gjentur inn-til seg trygt og godt, og svinga av Stad med deim so stolteleg som visste dei vel, at det kom nok den Stundi daa dei glade Møyane vilde. Og Hornmusiken rulla i varme Tonar, jagande heile denne Elskhugssveimen som Vinden jagar det ville Hav.

Det tok til aa suge under Bringa hans som ei Sorg, at han ikkje var ung og ikkje kunde vera med. Han skulde gjerne ha svinga seg med ei som henne der, ho som knapt var utvaksi enno, ho med det svarte Haare fritt ned-yvi Ryggen, med Augo som straala av Ungdom; eller med henne der, den brune, varme, i djupt brunt Fløyel, ho som dansa so vent at ein vart hugtekin berre av det; eller med henne der, den bleike, ho med den aalvorsame Munnen og desse lett uppdregne, kjælne, nervøse Aksline, som gav slik Lyst til aa falle henne um Halsen. Aa, der var so mange. Dei kom svivande fram som Synir av det Slaget som Djevelen sende, naar han vilde faa Mennane til aa synde.

Kandidat Braut braa-vakna. Burt-i den andre Sida av Salen, inn-under Treve, saag han Kona si, stakkars snilde, halvgamle Hanna. Ho leita etter Mannen sin; han visste det nok. Det var ikkje anna fyri enn aa lata seg finne.

Han gav seg i Veg med eit tungt Sukk. Herre Gud, no hadde Djevelen vori etter han att. Aa, at ein skulde vera so veik i sitt Hjarta. Gift Mann –.

Naa! jaso? So den Karen stod her og luska? Det var svært. Den Gutungen?

Daniel Braut vart harm. Han kom farande til Kona si og fortalde, heilt raud i Kamben, at han hadde set Kruse, Studenten, han som budde heime paa deira eigin Kvist, Laurits Kruse ja, nett han, Gutungen, Gutekvalpen, ikkje turr um Øyro endaa; hadde set denne Gutungen, denne Kvalpen, gaa her og luske paa Arbeidarball og sjaa etter Tausir. Fru Hanna vart reint forundra; ho hadde sjeldan set sin snilde Daniel taka seg ein Ting so nære.

Men ho gjekk med paa, at dei gjerne kunde hava eit Auga med Guten i Kveld. Det vilde vera vondt for han, um han skulde koma ut-i noko; og dei hadde dessutan Andsvar for Presten Borch, daa det var denne som heldt Kruse fram til Studeringar.

– Student Kruse, vesle Laurits som han heitte millom Kjenningar, brydde seg lite um Vertsfolke sitt i Kveld; han hadde anna aa tenkje paa. Han hadde set att Dagmar Dyring.

I Vaar, daa han saag henne fyrste Gongen, paa desse Ettermiddagsfýrelesningane til Professor Sars, hadde ho ikkje vori stort meir enn Barne. Men dette Barne med dei mjuktstraalande Augo og Huldrehaare ned-yvi Akslir og Rygg hadde vesle Laurits huglagt. Utetter Sumaren hadde han drøymt mykje um Dagmar Dyring; ja i sjølve den Tidi daa han laag i Valdris med Morbror Borch, Presten, og gjekk og leid vondt for den Tenestgjenta hans, hadde ung Dagmar vori hans stille Draum. Men i det siste hadde ho bleikna noko burt for han. So var han komin hit i Kveld, innhjelpt av sin «flotte Fætter» Georg Jonathan; og noko av det fyrste han her skulde sjaa, det var Frøken Dyring.

Sidan hadde han set paa henne.

So mykje han kunde daa; for i ein Folkemengd som denne var det ikkje greidt. Verst var det daa ho tok til aa danse. Laurits var ikkje so høg som mange andre, og kor han kom var det stødt nokon i Vegen. Men han heldt ut. Han stod og tøygde seg paa Taa etter ein Skimt av henne, sveita i Folkestimen, pusta Dumbe og brend Gasluft so han vart turr i Halsen; men det gjorde ikkje noko; og daa han endeleg hadde arbeid seg fram til ein god Plass, i fyrste Radi av Glaamarar, var der ikkje den Magt paa Jordi, som skulde kunna faa han herifraa, – tenkte Laurits.

Det glødde upp i han, kvar Gong han saag ung Dagmar vinne seg fram or Dansestimen, liksom ei Stjerne lyser fram millom drivande Skyir. Kva dei andre vilde her, naar ho var med, skýna han ikkje rett. Dei kunde vera smaa-vene og nette og ikkje ille; men om det so var Julie Lindner, ho kunde ikkje staa seg, naar ho kom paa Sida av Frøken Dyring.

Ho var Dronningi; det var ikkje Spurlag um det. Laurits var rædd han kom til aa elske henne for Aalvor. Det var ikkje berre det at ho var so ven; det var noko ved henne som var reint serskilt; noko fornæmt, urørlegt, og so noko uendeleg dragande og mildt; dei tvo Ting ihop –; der var ikkje Ord for det. Han saag med Aahug paa den myrke ullne Kjolen, som fall ned fraa Mjødmine so lett og ædelt og jomfruelegt; han lagde Merke til den Maaten ho vogga seg paa i Dansen, og desse Aksline som enno minte um Barne; det var so jomfruelegt alt; so stolt og reint og jomfruelegt; han vart kløkt av det. Ja, det var det ho var: jomfrueleg. Orde Jomfru fekk Meining for Guten; det var eit heilagt Ord.

Den ho no dansa med var ein Student Frigstad, som Laurits hadde drukki Dus med i Russelage ein Gong, men sidan aldri raaka. Denne Frigstad gjorde seg til for henne, som rimelegt var; og det saag ut til at ho tok det naadigt upp; men, Gudskjelov, ikkje meir enn naadigt heller. Likevel gjorde det Laurits vondt, naar han saag henne smile til Frigstad med dei smaae kvite Tennane sine; ein kunde aldri vita kva som laag under slik ein Smil; i alle Fall kunde han Fyren gaa og gjera seg Innbillningar.

Daa Galoppaden slutta saag han, at Frigstad baud henne med inn i Restaurasjonen. Laurits arbeidde seg der inn so fort han kunde. Han fann seg ein Krakk like ved det Borde der Blytt og Bjølsvik sat; med det same han hadde funni seg til Rettes der og sagt Godkveld til dei Fyrane, saag han henne i Døri. Roleg og trygg kom ho inn yvi Golve, lydande naadigt til Frigstads Ord; men daa ho saag Bjølsvik, raudna ho; Laurits, Stakkar, saag det tydeleg.

Det var svært som han kolna av dette. Han sat ei Stund og glodde; kunde ikkje tenkje noko vidare; kjende paa seg at han hadde vori Tosk att. No som stødt. Det var vel sant det som hadde vori sagt, at Bjølsvik var Friar her; kvi skulde det ikkje vera sant? Og daa, so. Bjølsvik var Kunstnar. Godt Namn; staut Kar; lystig, djerv, morsk, med Maal fraa ei Sjøbygd; gildt Skjegg, veldug Bass; anna til Kar enn ein litin Filolog. Laurits var ikkje i Lag lenger. Men no song Bjølsvik upp.

– Ja «Kvindens Underkuelse», ja! Naar dei skulde vera nøydde til aa … klæde seg «saadd'n heller lett», lettare enn her i Kveld, Gubbevars, um det skulde vera fint, – for so og so mange framande Mannfolk som gjekk og saag paa denne Utstelling, og so dei skulde hoppe rundt i ein stor Sal halve heile Nætane i Armane paa kven-som-helst, til dess dei ikkje var anna enn Vaskefillur, – so kunde ein vel tala um «Kvindens Underkuelse»?

Bjølsvik saag vill ut.

«Undskyld,» sa Frigstad med Uttale fraa Sunnmøre; «jeg ska gjøre opmerksom paa, at Frøken Dyring ikke danser med hvemsomhelst.»

Bjølsvik sette eit Par Augo paa Fyren; det var Eiter og Mord og Brand; Laurits kvakk og trudde det vart Slagsmaal. Men Dagmar gav Frigstad Armen, og dei gjekk inn i næste Rome, so det vart ikkje meir av. Bjølsvik sat etter og knurra som ein Bjørn, myrk um Augo, sveivande paa Munnskjegge.

Her var ikkje Moro lenger. Laurits stod upp og drog seg utigjennom; han tenkte paa aa gaa. Kva skulde han her? Han vilde heim og leggje seg.

Daa han kom ut paa Midtgangen, raaka han Dagmar og Frigstad. Dagmar var bleik og saag trøytt ut; Frigstad stod og saag seg ikring, liksom han søkte Rettleiding.

«Undskyld,» kom han farande, «er Di kjendt her? tror Di at –; naa, vi er visst forresten Dus! Takk for sist du! Længe siden, hva? Hvordan staar til? Godt? Javel. Si mej Di, si mej du, er der et Dameværelse her; eller er Bestyrelsesværelse disponibelt? Denne Dame er lidt træt, og – undskyld; det er Frøken Dyring; Herr. Studiosus theologiæ» – «filologiæ»; retta Laurits; «undskyld, det er saa længe siden; men som sagt; i denne Stimmel er ingen af de rette vedkommende at opdage …»

Laurits bukka for Frøken Dyring, men saag ikkje ut som han kunde rettleide nokon. Daa høyrde han til si store Hjelp og Glede Markus Olivarius læ inni Styrar-Rome. Han vart modig; «jo,» sa han, «der kan De vist gaa inn.» Han gjekk inn sjølv fyrst, og dei tvo andre fylgde etter. –

– Inne i Restaurationen vart det livlegare og livlegare. Det gjekk eit Skravl gjenom Romi so der lite var høyrande Manna Maal; han med Inspektøraugo gjekk og glodde; Smaagutane med Nummeri paa Bringa skvatt ut og inn gjenom Dørine med sine Flaskebrett. Fleire av Vindaugo stod uppe; men der var kjøvande varmt. Her er heitt som i Helvite, sa Bjølsvik; skal me gaa? Men Blytt murra og meinte at dei fyrst fekk drikke upp Øle sitt.

Det er godt Øl her, sa han; godt Øl. Noko av det beste i Byen her ja. Litt varmt kanskje, varmt; men dei hev noko som er kaldare; dei hev noko ned i Kjeldaren, noko som stend paa Is; ja. Pst! kom hit, du vesle Fyr! Skal me høyre um me kan faa noko av det som er kaldt, godt kaldt, ja?

Ja lat oss drikke som Dævelen! sa Bjølsvik; og naar me ikkje hev fleire Pengar so drikk me paa Borg! Han hadde funni ut, at nettupp no vilde han sitja, og nettupp no vilde han vera glad. Det skulde ingin innbille seg nokonting! «Hei, Jakob Skomager!»

«Aa Kjerringa sette seg paa Purka og reid, fallirallirittum dei, so reid ho seg til Prestens Gard, fallirallirittum dei. «Aa kjære min Prest, vil du skrifte meg? falliralliralliralli rittum dei; for eg slo ihel kjær' Mannen min, eg, falliralliritt – –»

«Til Helvite,» banna han og vart myrk i Andlite som ein Orkan; «der er Peter Tordenskjold.»

Ja, det var Peter Tordenskjold.

Peter T. Hansson, Marinemaalar av Fag, eller «Vandskapsmaler», som det heitte til vanlegt, galt for aa vera ein av dei keidaste Fyrane i Kristiania. «Alra manna keidastr», som Mark-Oliv sa. Og det endaa han var ein av deim som hadde mest aa fortelja. For um han sjølv livde so regelrett som ein Sokneprest, viste han svært god Greide paa andre Folks Syndir.

Han var mindre av Vokstr enn andre, og hans serlege Kjenneteikn var, at han hadde ein Bunk paa Ryggen. Av Hals hadde han lite og inginting; det lange Hovudet laag og kvilte paa Bunken og dei høge Aksline «som Johannes den Døbers Hoved paa et Fad». Andlite var stramt og skarpt; det rengde seg og vart stygt, naar han smilte.

Peter Tordenskjold bad um Selters med Saft, til stor Upparging for Bjølsvik. Naar han endaa kunde drikke Øl! So fekk Peter seg ein Krakk – einkvar Stad ifraa; Peter Tordenskjold greidde seg alltid! – og so tok han til aa røde; spurde, um Georg Jonathan var her i Kveld.

Blytt sat og glodde burti femte Veggen; Bjølsvik saag ut som han vilde bite.

«Jo,» sa Blytt.

«Og holder Lag med Julie Lindner som sædvanlig, eh?» heldt Peter Tordenskjold fram.

«Mm,» murra Blytt, «hvorfor skulde 'n ikke det?»

Peter Tordenskjold døyvde ein Smil. «Nei, nei, hvorfor ikke,» sa han.

Han hadde eit klaart, kringt Maal som rulla merkeleg lett, men hadde noko haast eller saart i Roti. Kvar Gong han gjorde ein Stans, kom det ein liten Ettertone, som ei Rikting for Brjoste eller ei lett Stynjing.

«Jeg undres paa aassen det egentlig er med den hemmelige Forlovelsen hans jeg, eh,» heldt han fram.

«Hmm,» murra Blytt. Men so sette Musiken i med ein Fransæse, og Ungommen sette i Veg ut mot Dansesalen «som Jordans Flod».

Skal me so gaa? sa Blytt.

Myrk um Augo reiste Bjølsvik seg. «Ja,» knurra han; «her er sgu ingen Moro!»

Dei gjekk.

Peter Tordenskjold sat etter og smilte. Det stod vel Kvinnfolk attum her som all Tid. –

– Ute i Gangen kom Bjølsvik burt for Blytt. Det var som han var sìgin i Jordi.

Men Bjølsvik hadde snerta seg inn i Festsalen. Kannhende Frøken Dyring ikkje var der lenger? Ho kunde ha teki seg Ordi hans til Hjarta; ho kunde vera heimfari.

Men so saag han henne gaa og svinse att og fram med denne Tosken Student Kruse. Og ho saag rett blid ut.

Bjølsvik vart kald att. Og Harm og Hat lagde seg yvi hans bleike Aasyn.

II.

Ja; ung Dagmar dansa med Laurits Kruse.

Og ho var snild mot Guten. Der inne, daa dei skulde gjera Kjenskap, hadde han vori so rar av seg, so tryllt og fortumla, at ho lite Greide hadde kunna faa paa han; no vilde ho sjaa aa faa han i betre Lag; ho hadde ei Von um, at det budde meir i han enn ein so med det same skulde tenkje.

Ho hugsa han fraa desse Fyrelesningane i Vaar. Ho hadde lagt Merke til den stille bleike Studenten, som alltid sat i si visse Kraa og saag paa henne, med burtdrøymde Augo som vart rædde og rømde, berre ho glytte der burt. Der var noko so reint ved denne Guten. Den brutale, uvyrdne Mannfolk-Haatten som ho var so arg paa, og som ho fann hjaa dei fleste, men mest hjaa sùme og visse, den hadde han ikkje det minste av. Han saag henne ut til aa vera ein Mann som tenkte fint um Kvinna; han var bljug; han kunde raudne; der var i all hans Framferd ein Vyrdnad og ein Age som viste, at han enno ikkje hadde lært aa sjaa paa Kvinna som paa eit Leikestell. Han saag ut til aa vera snarare sorgfull enn glad. Dei graae Augo glinsa kannhende eit Grand sjuklegt. Men naar han smilte, lyste det upp yvi heile Andlite av kvite Tennar og frisk Truskuld, so ein fekk Godhug for han som for eit snildt Barn.

Frøken Dagmar gjorde det ho kunde til aa faa Liv i Guten. Ho fann paa det eine og ho fann paa det andre; freista sistpaa med Politik. For um den skulde daa alle kunna tala. Men kva det var eller ikkje var: ho kom ingin Veg med han. Han svara ikkje eitt til tusund; og um han sagde noko, høyrde ho godt at han ikkje var med. Han var visst svært bljug. Eller det maatte vera noko serskilt i i Vegen. Ender og daa smilte han; og ho lagde Merke til dei straalande kvite Tannradine. Men um han smilte av di han lika det ho sagde eller av di han fann det underlegt, det vilde ikkje vera godt aa segja.

Laurits Kruse var ille farin. Han hadde med ein Gong kjent det, og det laag som ein Kulde gjenom alt hans Blod: at han kunde ikkje vera noko for henne. Kva skulde han her. Han svinga seg med henne i Ljos og Musik og kjende seg framand og umògeleg. Han var so taapin. Store Gud, so taapin som han hadde vori. No gjekk ho her og dansa med han og var snild, av di ho hadde vondt av han. Ho fann paa eitkvart aa segja, av di han ikkje fann paa noko. Og han kunde ikkje finne paa noko. Det stod stilt inni Hovude hans. Han var eit Narr. Det var ikkje fyrste Gongen han hadde gjort seg til Narr. Han visste nok kva ho tenkte.

Berre det vilde slutte med Dansen. Han høyrde kor ho stræva med aa finne eit Ord aa segja so ender og daa, naar dei møttest i Turane; han kunde høyre det paa Tonen at ho stræva. Og mest alt ho sagde gjekk ut um Ting som han ikkje kjende noko vidare til, eller ikkje hadde brytt seg um. Det var som det lagde seg Mil etter Mil millom henne og honom. Ho skulde vita kva han var for ein Fyr; og kva det var for Ting han tenkte mest paa um Dagane. Berre det vilde slutte. Sistpaa tagna ho reint. Han skýna ho gav han upp; og han gav seg sjølv upp endaa ein Gong. Denne Dansen fekk aldri Ende. Han vilde heim og leggje seg. Heim og gøyme seg. Dei andre kunde gaa her og danse og vera glade. Han dugde ikkje. Han hadde den kalde Kraai si heime; dit vilde han. Og so stengje Døri.

«Takk for Dansen,» sa han, daa det var slutt; det var so mykje ho kunde høyre at han enno hadde Mæle. Han tok Lommeduken upp og turka Kaldsveiten av Panna si; so fekk han med det same Tilføre til aa segja at her var varmt. Men det hadde han visst sagt fyrr. Ho hadde visst og sagt det. Der kom Frigstad, raud og fast i Kjakane; han vitta paa deim; hadde vel eitkvart aa segja. Og Laurits kjende og saag kor letta Frøken Dagmar vart med det same. Ho smilte; fekk Liv i seg; fekk att baade Maal og Mæle. «All right!» sa Frigstad, «kom her; jeg har et Bord til Dere der inne, og Øl og alting; men lidt fort!» Han treiv Dagmar under Armen. Laurits vilde ha snikt seg seg burt; men «her, her, Gutt!» ropa Frigstad. Lat gaa, mulla Laurits. Best likevel aa sitja eit Bìl og sjaa modig ut, fyrr ein rømde.

Det var reint underlegt aa høyre Frøken Dagmar tala no. Det gjekk so fritt og lett; kvar Tone var Sylv, og Ordi høyrdest so glade. Ho tala um Kvinna; um Dansen; um brutale Mannfolk; det var Bjølsvik ho tenkte paa, og ho var i Grunnen harm; men ingin Harm kunde døyve den glade Underklang i kvart Ord ho sa; det var som ho gjekk med Bringa fyllt av Ungdomsglede, og som den sprengde paa, so Mæle stundom kunde svigte.

Laurits sat og høyrde paa henne som ein framand Mann. Han vart ikkje varm av aa sjaa paa henne heller. Desse Augo som var so mjuke og straalerike som dei var Utstrøymingar av den ævuge Naade, desse Augo som maatte kunna lækje all Sorg og Sut, all Saknad og all Synd, – dei skulde aldri sjaa kjærlegt til slik ein som Laurits Kruse; og so var det ikkje meir.

Men so fekk det vera det same.

Han brydde seg ikkje um henne. Ikkje no, daa han var komin so vidt innpaa henne.

Naar ein gjekk og saag paa ei Gjente langt ifraa, og drøymde um henne, og dikta henne til etter sitt eigi Hovud, so kunde ein tru at ein elska henne; og ein kunde gaa og gjera seg Tankar. Men naar ein kom so langt at ein skulde tala med Gjenta, og hadde henne livs livande for seg, so som ho var, slokna Draumane, og Elskhugen med deim. Han hadde visst aldri elska. Naar han fann den rette, vart det vel annarleis.

Han vart raud som ein Skulegut, han kunde slaa seg sjølv paa Munnen, naar han hugsa sine Draumar; dei høvde ikkje her. Det som gjorde at han kunde vera til likevel, det var at ho aldri fekk vita um deim. Det var den store Ting, at Tankar var tollfrie. Det var godt for noko, det med.

Aa nei; Frøken Dagmar var ikkje den rette. Den han skulde vera glad i, ho maatte hava meir Hjartelag. Denne her var altfor kald og klok. Han kunde høyre det paa henne. Gamle Ingeniør Dyring hadde lært upp Dotter si sjølv han, og det kunde ein forstaa. Ho var godt upplærd paa ein Maate. Ho visste mykje; ho hadde for den Skuld Lærar-Eksamen. Men det var rart aa høyre ein syttan Aars Gjentunge sitja og tala um «Kvindens Stilling» og um dei «brutale Mannfolk».

Det var vondt for Dagmar, at ho i so mange Aar hadde vori morlaus. Ei Mor vilde ha gjort henne meir til Kvinne; og det vilde ha høvt for Dagmar Dyring aa vera heilt ut kvinneleg. Laurits fann sistpaa ut, at han hadde vondt av henne.

So var det ny Dans, og han vart aaleine.

Kald um Bringa, leid av allting, fann han fram sin slitne Haustfrakk og kraup inn i den. Gøymde seg so under den svarte breide Filthatten sin. No vilde han heim.

Men han tok Hatten av seg att. Endaa ein Gong vilde han sjaa henne danse.

Det stakk for Bringa hans, med det same han fekk henne for Augo. Men so var han kald att.

Julie Lindner var vel den han lika best endaa. Ho var so brun og varm og søt. Det var ikkje det Grand underlegt, at Georg Jonathan gjorde Kur til henne. Det vart visst eit Par av dei tvo.

Det var eit Spursmaal kven som dansa best av Julie og Dagmar. Julie var meir utvaksi, og ho hadde dette elastiske i alle Rørslur, som Jonathan alltid tala so mykje um. Men Dagmar dansa vedunderleg. Ho vart til eitt med sjølve Musiken. Som ei ung Havfru vogga ho seg i Toneflaumen, i dei mjuke rullande Rytmur.

Heile Salen var Fest, av di ho var her. Under Brudekransen skulde desse klaare Augo straale; som ei kvit Vaarsky, som ein Sumarnattsdraum, skulde Brudesløre fløyme festrikt um den smìgre Skapnaden. Han prøvde seg sølv, um han kunde tenkje denne Tanken rolegt; og det kunde han. Men ein Dott hadde han vori; og ein Dott var han. Raadlaust var raadlaust; berre gaa sin Veg. Ja; no gjekk han sin Veg. So kunde dei gjera Narr av han so mykje dei vilde. Gudskjelov; Frigstad fekk henne visst ikkje, han heller. –

– Det hadde rignt um Dagen; Gata var vaat, Lufti sval. Skyine laag høgt uppe; lettare enn fyrr; kvilande. Dei var glidne ifraa kvarandre, so Himilen viste seg innimillom, aa sjaa til som Fjordar og lange Havarmar millom graae Fastland.

Det var maanemyrkt. Gjenom Sky-gapi glytte det ned, her og der, som Glimt fraa Fyrtaarn langt burte, ørsmaae, bleike, bivrande Stjernur; dei saag ut som dei vilde slokne um ei Stund.

I den myrkvorne Kvelden krylte Laurits Kruse av Stad som ein skræmd Skugge. Han gjekk or Vegen for Folk; vilde ingin sjaa og for ingin synast. Han lengta etter Kvisten sin uppe i Professorbyen. Der var so rolegt og stilt. Der vilde han stengje seg inne.

Han var ikkje frisk. Det kulsa gjenom Kroppen hans; ja han kjende seg kald gjenom Sjæli. No hadde han misst den Draumen og. Alt skulde vera som fyrr att. Men det var so vondt aa vera aaleine; han var ikkje skapt til aa vera aaleine. Han kunde graate um han vilde; han kunde gjera Vers. Sumetidir, naar han var altfor leid av seg, gjorde han Vers; det var berre Jammer. Og aldri noko aa lata nokon sjaa.

Han kravla upp Troppi. Tumla seg inn. Hatten slengde han fraa seg kvar det høvde.

Midt paa Golve, nærare Døri, raaka han paa Ruggestolen sin; der sette han seg. Lampa kveikte han ikkje; kva skulde han med den. Det var ingin Ting han hadde Hug til. Berre sitja der og vera leid. Søkkje seg ned i si eigi Sut; i sine kalde haustsure Tankar.

Han gav seg yvi og lét Augo att. Musiken, Dansen, Stimen der nede ifraa, heile Festen sat i han enno; Ruggestolen tok til aa vogge i Takt.

Men henne som han ikkje lenger lika, ho med dei mjuktstraalande Augo, ho i den myrke Kjolen som fall so jomfrueleg fraa dei jomfrufine Mjødmine, henne saag han dansande med Frigstad; og dei tvo, Frigstad og ho, dei lo og var glade; og dei hadde Moro av vesle Laurits, som hadde klara seg so klent i Kveld.

Han krympa seg; Ruggestolen tok til aa gaa sterkare.

Ho var som ein Seljetein millom Hendane paa Guten sin, lite mjaa, lite smal yvi Aksline, ikkje fullt utvaksi; ho var dragande aa sjaa med det avlange fine Andlite som blømde so lindt, og med den svarte Haarflaumen ned yvi Ryggen. Men ho var som Huldri; ein vart kald naar ein kom henne nære.

Han maatte hava ei som var kjærleg og varm. Ei som var mild. Som var heilt ut Kvinne.

Fann han ikkje ei som han kunde elske, so greidde han ikkje Tilvære sitt.

No var han 21 Aar gamall. I fem seks Aar hadde han livt i pinefull Saknad, stridande seg igjenom fraa Dag til Dag. Men det vart allstødt verre. Mindre og mindre kunde han staa imot. Han vart galin. Mang ei Natt laag han og totte det tok til aa svive rundt for han.

Kvar Dag gjekk han og vona: i Kveld finn du henne; og um Kvelden; i Morgo finn du henne. Men han fann henne ikkje. Og um han fann henne, torde han ikkje trive til.

Alle andre elska og trulova seg og hadde Eventyr og livde. Hans Ungdom gjekk burt i berre Sakning og Sut. Han kom til aa trega desse Aari so lengi han livde.

Det var so det grét i han etter ei som han kunde taka i Arm, kjæle for, kjæle seg inntil; som han kunde draga inntil seg i langt Fangtak, og kysse, og som drog honom inntil seg, djupt inn i varme Armar, so dei kunne kyssast, kyssast, Munn til Munn, sugande, lengi, med heite Ord, med brennande Blod. Øre, sjuke Elskhugsord skulde han kviskre henne, heile si forpinte Sjæl skulde han leggje fram for henne; og ho vilde forstaa; og ho vilde halde av han. Og det var myrkt; og dei saag ikkje kvarandre, berre drog seg inn til kvarandre, varme og sæle; og dei gløymte alt; gjer med meg som du synest.

Fyrr han visste Orde av, var han midt uppi desse vonde Draumane som pinte han so tidt, og som gjorde at han stund-imillom vanka umkring som i ei tung Ørske eller som ein Mann med sjuk Samvit, rædd for Gud og Mann, – Draumar som fyllte hans Hug med Synir, heite, nakne, nervepinande Synir, ureine Aandir som han ikkje kunde faa ifraa seg.

Men i Kveld vart han vakt.

Han høyrde Helene koma stiltrande upp Troppi.

Eit Skjeltetak gjekk gjenom Kroppen hans, ei hard, vond Nerveskaking. Var ikkje Husfolki heimkomne? Han hadde set deim der nede; kannhende var dei der enno? Og Ungane hadde lagt seg? Og no var Helene aaleine, og kom her upp? til honom? midt paa Natti?

So snart ho var innanfor Døri var han kald att som vanleg.

Ofte nok hadde han tenkt paa henne; han gjekk og pintest med Elskhug til kven han saag. Alle, kven som helst, drog han inn i Draumane sine. Men so snart den Gjenta han drøymde um, sjølv stod der, kraup Draumen sin Veg som ein rædd Orm; og han vart baade modlaus og magtlaus.

– «Aa! er Di kommen?» sa Helene. «Og sitter saa her i Mørke?» Ho høyrdest ustød i Maale, totte han. Tru ho ikkje hadde visst at han var komin?

Ho trivla seg fram-aat Borde og fann Lampa. So tett strauk ho fram-um Laurits, der han sat, at han kjende henne innyvi den eine Sida av seg som ein Nervestraum, som Magnetisme. Han vilde rette Armen ut etter henne, men gjorde det ikkje. Armen var som bundin.

Ho gjorde seg gode Stundir med Lampa. Han skimta henne mot Vindauga; saag den gode Figuren; berre tri fire Stig fram no; berre eit einaste lite Sprang! Men han gjorde ikkje Sprange. Han kunde ikkje gjera det. Ikkje um det galdt Live.

Det var ei Magt, ei framand Magt, som batt han. Uppaa Lande i Sumar hadde han kjendt det same. Han hadde komi til aa vera aaleine med Maja paa eit Loft; ho stod so tett inntil han at det berre vilde vera aa leggje Armen um Live paa henne; men han hadde ikkje kunna. Naar det galdt um, vart den Nerveringen, Viljen skulde gaa i, som lam.

Lampa var kveikt; Helene stod og breidde upp Sengi. Ho gav seg god Tid. Den som kunde sjaa kva ho tenkte.

Ho tenkte vel paa inginting. Ho hadde Tillit til han. Kvi skulde ho ikkje det. Ho kunde vist vera trygg for honom.

Kven var det han var rædd, tru. Han visste det ikkje. Det var noko som sat i Blode. Var han aaleine med ei Gjente, so lagde det seg som ein Trolldom yvi henne, so ho vart urørleg. Det var som det stelte seg upp framfor henne ein Engel, som stengte Vegen til henne med eit usynlegt Sverd.

Det var Gjenta sjølv han var rædd. Det var det at ho skulde faa sjaa, kva Kar han var. Han skjemdest yvi si eigi Pine som det var ein vond Sjukdom. Um han no gjekk der burt og tok henne um Live, – berre dei Augo ho vilde setja paa han. Han vart kald gjenom heile Menneskje av aa fyristelle seg det.

Og so vilde ho rive seg ifraa han og røme; og so skulde han siden gaa her med den Skammi, at han hadde vist seg aa vera ein slik. Kanskje vilde ho segja det til Frua. Eller til Kandidaten. So maate Laurits flytja. Og so vilde Braut segja det til Presten. Og Kammeratar kunde faa vite det. Og mange kunde faa vite det. – Men kva vilde han bry seg um det. Berre han visste kva ho tenkte!

Helene stod og stelte ved Vaskestolen. Ho fortalte at ho hadde vori ute i Dag. Men i Kveld hadde ho vori Barnegjente. «Kandidaten og Frua er ute, di,» lagde ho til.

Det skok i han.

«Fryser Di?» spurde ho.

Han gjorde visst det, svara han. Og han kjende kvar Sìge bivre i Kroppen. Hadde vel fengi Kulde i seg –

«Ja saa faar Di lægge Dere aa bli varm da,» sa ho.

«Jeg faar vel det,» svara han.

«Er det ellers noe?»

«N – nei Takk.»

«Godnatt da!»

«Godnatt.» Han sat etter og beit seg i Lippa og grein skamfullt til seg sjølv …

III.

Daniel Braut og Hanna Stensrud hadde vori gifte i fem Aar og hadde tvo Gjentungar med ljost Haar, flate Nasar og late Augo.

Dei hadde livt godt ihop. Iser hadde ho, fraa Bryllaupe av, vori so elskhugsfull, at han stundom laut tenkje det kunde ha hjelpt med mindre av det Slage.

Det var ikkje alltid so greit aa svara ja, og kannhende stadfeste sitt ja med ein Kyss, naar ho kom med sine Spursmaal um han elska henne, eller hevja seg i høg Harm og vise Mistanken burt, naar ho tymta paa at han kunde ha teki henne av andre Grunnar enn Kjærleik. Dette siste kom ho elles ikkje ofte med no. Det hadde vist seg, at um Braut hadde venta Pengar fraa Steinsrud, so hadde han misrekna seg. Straks han hadde teki practicum, hadde dei hjelpt han til ein Post paa ein Privatskule – han laut ha noko aa gifte seg paa; det tok seg ikkje ut elles, sa Fru Storr –; men eit Aars Tid etter hadde Proprietær Stensrud spéla upp; Grosserar Storr hadde ikkje kunna halde han uppe lenger. Dermed var alle Vonir paa den Kanten sløkte.

Daniel Braut var innharm lengi for dette; gifte seg for Pengar og ikkje faa deim, – at Vaarherre kunde tillata slikt! Men det Sinne maatte han fint bite i seg. Og enno gjekk han paa Skulen og stræva, so lite han lika det. Noko rimelegt Preste- eller Kapellankall hadde han ikkje kunna faa; Kona hans vilde paa ingin Maate burt ifraa Kristiania.

Daa det fyrste Barne kom, hadde han lóti taka nokre Attpaa-Timar i Smaaklassom. Daa det andre fylgde etter, var der ikke Raad for det: han laut til med Privat-Timar. Tysk og Fransk for Nynæmingar. Han sleit som ein Træl, men hadde paa ein Maate ikkje so mykje imot det. Det vart so faae Fristundir daa; og det var i deim han skulde vera kjærleg Ægtemann. Med Tid og Stundir skulde han vel faa seg eit Kall. Og naar han vart Prest, skulde han vel alltid faa Styr paa Hanna.

Stundom fekk han nærsøkne Spursmaal um sine unge Dagar. Han forsikra at han aldri hadde elska andre enn Hanna; ho var den einaste. Det vil segja, i Skuledagane hadde han som andre gjengi og sverma for eit «Ideal»; men det var daa ikkje noko aa nemne. Kor det Idealet var no? Gift burtpaa Vestlandet ein Stad, med ein Jagteskipper; livde godt, ettersom Syster hans skreiv; hadde fem Born og var diger og rund som ein Rullepylse.

Berta Marie nemnde han ikkje. Og endaa kunde han likso snart ha nemnt henne, naar han vilde skrifte sine Syndir; for daa Stud. theol. Braut i sitt Festemaals Dagar var med Olai Juberg og slike Karar og tura «Studenterliv», hadde han funni den Gjenta att, og daa hadde korkje han eller ho vori so bljuge lenger. Ho budde i øvre Vollgata; gamle Jokum heldt henne. Braut raaka henne ein Fyllekveld paa ein Dansesal – hm; i den Tidi hadde han kunna drikke seg drukkin òg –; Olai Juberg førde deim saman, og han fekk vera med henne heim. Fraa den Natti var det som Elskhugen endeleg hadde vakna i denne store tunge Kroppen. Han gjekk og lengta etter henne fraa Morgo til Kveld, og snikte seg nedtil henne um Nætane so tidt han kunde, med Frakkekragen uppyvi Øyro og Hatten ned-yvi Andlite, rædd som ein Hund. Men dei teologiske Venine hans undra seg yvi Guten i dei Dagar; han var visseleg i serleg Grad under Naadens Tukt.

Kor han hadde teki Mod ifraa til denne store og grove Syndi, som han enno bad um Naade for og elska, visste han ikkje rett; men Olai Juberg hadde hjelpt godt til. Han hadde gjort Narr av Brauts «Bondemoralitet». «Du er forlova,» sa Olai Juberg; «men du veit daa for Fanden, at det berre er paa Lande eit Festemaal gjeld for eit Giftarmaal? Og der tek dei det som eit Giftarmaal au; so der kann det gaa. Men her gifter ein Mann seg, naar han er 30–40 Aar; og det er Fanden ingin som meiner at han skal gaa og gjera Upprør mot Natturi i all den Tidi. Alle unge Damur veit det,» sa Juberg; og han spurde Braut, kva han meinte ei Dame maatte tru um ein vaksin Fyr som aldri hadde vori paa Eventyr. Juberg tala roleg og med Yvivitning; Daniel trudde meir enn gjerne det han sa. Og han kjende seg letta av aa vita, at det fanst for fullt Aalvor ein løynlig og fri Moral attum den strenge officielle.

Men han nemnde ikkje Berta Marie, naar han skulde skrifte sine Syndir. I slike Stundir gløymde han det. Ein aalvorsam Mann hugsa i det heile ikkje slike Ungdomsmistak. Det var berre i sentimentale Stundir at dette kunde koma for han att, eller naar han ender og daa heldt Bots-Storvask, t. D. naar han skulde til Alters. Daa maatte den Syndi fram; for enno hadde han ikkje angra Gjerningen med den rette Aalvora. Det han i Grunnen hadde harma seg mest yvi var, at Sogo hadde havt slik ein uromantisk Ende; dei hadde sant aa segje vorte Uvénir um eit Pengespursmaal. –

– Daniel Braut var i Røyndi ein god Ægtemann. Han træla for Huse og laug for Husfreden og fann det paa ein Maate godt gjort av Hanna, at ho alltid tok til Tenestgjentur dei ljotaste som finnande var.

Men denne Gongen hadde ho gjort eit Undantak. Helene var ikkje stygg. Og ikkje gamal. Ho var ikkje noko ven heller. Men ho hadde ein god Kropp og gjekk lett; mager var ho; berre Muskulatur; men ein fekk alltid nok av Daudkjøt. Det bleike Andlite saag ut som det var aalvorsamt berre paa Skjemt; og det var visst so au; for naar ho ein Hende Gong smilte, vart ho livleg og lystig aa sjaa til som ei sekstanaars Gatetaus. Augo var smaae; kva Lìt dei hadde var vandt aa avgjera; det var eit Par rare Augo, og det sat ein Skjelm i kvar Augnekrok. Men ho gjekk ut og inn i Huse so stød som ein Prest; og ho var visst so skikkeleg som Gjente kunde vera.

Kandidat Braut skýna ikkje kvar Kona hans hadde vori denne Gongen. For honom kunde det vera det same; han var ikkje den som laag etter Gjentune i Huse; men det var greidt at Hanna hadde teki i Miss, og det hadde han som ei Moro av.

Mindre enn nokon Gong lika han aa høyre Kona si tala um Kjærleik. Men det tok ho heller til att med no. So snart det var den minste Ting han ikkje gjorde henne til Lags i, so kom det: der kunde ein sjaa, kor mykje han brydde seg um henne. Han saag visst helst at ho laag i Jordi. Og rett som det var grét ho. Det vart verre og verre aa ljuge for Husfreden Skuld. Han tagde helst, og luska ut naar det vart for ille.

Det gjekk so vidt stundom, at han tenkte seg den Tingen aa slaa seg likeglad og søkje slik Trøyst som mange andre søkte. Hummelvik'en t. D.; naar hans Kjering vart for leid, so rusla berre Hummelvik ned i «Fallgruben» og drakk seg full; og um eit Bil var Kjeringi blid att. Men det var sant, – Hummelvik'en hadde ikkje nokon aa svara fyri, han. Han trudde korkje paa Gud eller Djevel … stakkars Mann; Daniel Braut gjorde Knefall i sitt Hjarta og bad um Naade for dei ville Tankane sine.

Hjelp mot Kona si fekk han ein Dag fraa den Kanten han minst hadde venta.

I Luthersk Kirketidende stod det eit Stykke av ein Professor um Ægteskapstankane i vaar Tid. Daa Hanna næste Gong tok til aa sutre um at Braut ikkje var som ein Mann burde vera mot Kona si, vart Braut høgtidsam og sa, at ho fekk taka seg i Agt. Ho hadde ikkje den rette Døming um Ægteskape. Det kristelege Ægteskap var ikkje botna paa «den erotiske Følelse», sa han; det var bygt paa det natturgjevne Kýnshøve og hadde til Fyrimaal Barneavling. Den «kjærleik» Apostelen tala um, det var den aalmennelege kristelege Broder- og Systerkjærleik. Ikkje i kjøteleg Elskhug som Heidningane, men som gode Kristne skulde Ægtefolk liva ihop, og bera Krossen med kvarandre, og ala upp Born i Tukt og Herrens formaning. Soleis som Hanna vilde ha det, sa Braut, so vart det ikkje eit Ægteskap, men eit Høve som – som millom – ja; det vart ikkje sedelegt i kristeleg Meining. Det vilde føre til Uppløysning. Det vilde føre til den frie Kjærleik. For det visste me alle, at Elskhugen kunde ikkje vera Grunnlag for eit Egteskap som skulde halde Live ut.

Hanna glodde paa Mannen sin, som gjekk att og fram paa Golve og sagde desse Ting med nedslegne Augo; so spurde ho kor han hadde dette ifraa. Han vart heit um Augo, men svara at han hadde det fraa Teologien sin. Elles kunde ho sjølv faa sjaa; her um Dagen hadde han set det att, og det paa ein so klaar Maate –; Braut rusla inn paa Kantore sitt og kom straks att med Kyrkjeblade sitt. Hanna saag Namne paa Professoren og tagna.

Ho brydde seg visst ikkje stort um det teologiske Falkultete i desse Spursmaal. Men etterkvart forstod han til si store Glede, at han likevel hadde fengi eit Tak her. Han hadde fengi Tingen umgjord til eit Emne for Dryfting; det hjelpte merkeleg. –

– Hanna passa paa so godt ho kunde, at Braut ikkje fekk vera ute aaleine; og dei gjekk sjeldan i Selskap der det var unge Damur med. Braut forstod dette og fann det rett. Han visste at Djevelen kunde vera etter han; og ein skulde halde seg burte naar Syndi lokka. Det var og det, at Hanna aldri var verre til aa elte han med Spursmaal, enn naar dei hadde vori ute i Lag av dette Slage.

Men Djevelen kunde vera leid nok, um ein sat heime au. Han kunde gjeva Kandidat Braut inn Tankar som han vart reint uroleg av. Som naar han kom og kviskra um, at alt det Braut no leid, det laut han lide berre for slikt eit Slumpehøve som det, at Far hans ikkje hadde vori rik. «Hadde du som andre vori rik nok,» sa Djevelen, «so kunde du ha gift deg med den du heldt av, du som andre. Men naar Vaarherre hev stelt det so vrangt for deg –.» «Apage Satanas», sa Kandidaten.

Det verste var, at der kunde paa ein Maate vera noko i det som Djevelen kom med. Men Synd var Synd; og Vaarherre hadde nok havt si Meining. Dessutan – aa den Ljugaren ifraa Upphave! – um me visste noko, so var det vel det, at ikkje alle kunde vera rike.

Det fekk nok vera som det var. Med Guds Hjelp heldt Menneskje allting ut; og det fekk vera det same um ein ikkje fekk so mykje godt i dette Live, naar ein berre kunde bu seg dess betre til det som koma skulde. –

– Men slik som Helene rolegt og stødt sveiv ut og inn gjenom Dørine i den vesle Bustaden, maatte han mang ein Gong, naar Hanna ikkje saag det, fylgje henne med Augo. Og naar han tala til henne og Hanna ikkje høyrde det, vilde det lett koma noko kjælande, noko friande i Mæle.

Han vakta vel paa Tankarne sine og stola trygt paa Vaarherre. Det maatte vera tillati aa sjaa kjærlegt til ei Medsyster, um ho var Tjenestgjente, naar ein berre ikkje slepte Tankane for langt. Og Vaarherre vilde nok sjaa til, at Kand. Braut ikkje vart freista yvi si Evne. Vaarherre vilde styre alt so, at det vart til det beste for'n. Vaarherre var den einaste som kunde hjelpa'n i hans Naud. Og han var den store og den gode og den vise, og han aatte Rike og Magti og Æra; me var Makkar og Kryp og inkje tess. Inginting kunde me gjera eller vilja av det som godt var. Daniel Braut vart so gudeleg stundom, at han vart kløkt av det sjølv; og han visste so trygt og godt, at Vaarherre saag alle hans Tankar.

Det gjekk Dagar og det gjekk Vìkur; det drog utetter Hausten, og det vart Vinter; November tok Ende; Desember tok til. Det var som der var komi eit nytt Lag yvi Helene. Eit mjukare Lag vilde Braut kalle det; ho var mildare, bljugare; hadde fengi liksom noko varmare i Tale og Aatferd. Serleg tottest han sjaa, at ho lagde seg etter aa vera honom til Lags. Ja Hanna med. Men det var paa ein annan Maate.

Ho kunde finne paa utrulege Ting. Som ein Dag ho kom inn paa Arbeidsrome hans med Kaffi. Med ein Gong spýrr ho, um Herr Kandidaten vil ha Konjak til Kaffien sin. Kandidaten glodde: Konj-ak til Kaffien? Hadde Frua Konjak? Helene slog Augo djupt ned, og endaa saag han Skalken i Augnekrokane. «Der staar noe der ute,» sa ho; «aa i Dag er det saa koldt; jeg tænkte det kunde –; det er snart gjort aa skaffe et Glas.» – Ho slog Augo halvt upp og saag undergjevi paa sin Herre.

Han nikka. Ho gjekk. –

Hm; so det stod soleis til med henne.

Han fekk Konjaken, takka faderleg og drakk. Ho var ute med same.

Stakkars Gjente.

Han sat i Sofakroken so, at han kunde sjaa seg sjølv i Spegilen. Han glytte der burt. Og han fann det rimelegt. Som han der sat, breid og trygg, med stort brunt Skjegg og klædd i strengt svart, var han ein præsentabel Herre.

Han kunde ikkje taka henne det ille upp. Han forstod, at ho maatte ha det vondt, og at ho serleg maatte ha lite Fred i sitt Samvit. Daa ho kom inn att etter Kaffibrette, tala han mildt til henne; men han var eit Grand ustød i Mæle. «Du er ei snild Gjente, Helene,» sa han; «men du hev det visst ikkje godt?» Jau Takk, ho hadde det nokso godt ho, sa ho. «Mm,» heldt kandidaten fram, «um –, um der er eit og anna, som … som tyngjer, so … skal ein ikkje tapa Mode, Helene.» Ho tok til aa stire. «Ein hev Lov til aa tru,» heldt Kandidaten fram, meir og meir ustødt, «at Vaarherre kannhende … ikkje i alle Ting … dømer so strengt som –. Han veit at me er veike, og at Djevelen er sterk, og … For honom er det vel … for honom er det vel … Kjærleiken, det gjeld um, likso mykje som – som – som dei ytre Formir. Den som elskar mykje, veit du, honom skal mykje bli tilgjevi; ein skal ikkje –.»

Helene var ute.

Kand. Braut var eit Grand raud, eit Grand heit i Augo. «Hm, ho tok det paa sin Maate ho,» murra han. Han reis upp og gjekk nokre Stig; rusla so attende og sette seg.

Um ei Stund sa han, halvhøgt men tydeleg: «apage Satanas.» –

– Helene stod ut-i Kjøken bleik som Bast. Han veit det, kviskra ho; han veit det.

Ho vart so veik i Knei; ho laut setja seg. Paa ein Pinnestol som var sund i Ryggen sat ho og seig ihop, som ho skulde vera beinbroti.

Det var vel slutt no. Straffi kom nok fyrr ein vardest.

Kandidaten var snild. Han vilde visst vera rimeleg. Men Frua.

Frua visste det vel, ho og. Eller fekk snart vìta det. Dei kunde nok ikkje tegja for kvarandre med slikt, Mann og Kjering, naar dei var i Godlag.

Den som kunde forstaa –. Dei hadde daa alltid fari varlegt. Ho for sin Part hadde visst, lengi fyrr dei tok til med dette, kor mykje Staak ein um Lag kunde gjera paa Kvisten, fyrr det høyrdest nede. Hadde han gjengi paa Lur ut-paa Loftsgangen? Det heiltupp kulsa i henne. Han bruka Filtsko. Og det var ein Dag ho hadde innbilt seg, at han fylgde etter henne. Aa, aa; han hadde visst gjort det. Ho stunde høgt.

Men det var ikkje anna enn ho kunde vente. Slikt gjekk aldri lengi godt. Og so som ho hadde gjengi der uppe og valudert baade seint og tidleg. Men det var som hin Mannen reint fekk Magti med eit Menneskje, naar ein fyrst gav seg yvi. Ho hadde funni paa aa setja uppaa Lofte alle Slags Ting som ho rett som det var maatte hava; so hadde ho Ærend der upp snart sagt naar som helst. Det var so godt aa vìta kvar ein hadde sine Ting, hadde ho sagt til Frua. Jau; no fekk ho nok vita kvar ho hadde sine Ting. Fór ein aat som eit Svin, vart ein sparka ut som eit Svin; det var ventande, og visst ikkje for mykje.

Men det var han som fekk ha Skuldi. Ho kunde godt ha lati vori, ho for sin Part. Men so totte ho Synd i denne Guten, maa-tru. Han var so snild; og ein ven litin Gut; og gjekk alltid med slikt fint kvitt Ty um Halsen og Hendane. Det andre var ikkje so rart; men naar han fekk det paa seg, saag det nokso sjangtilt ut likevel. Og ho saag so godt at han var glad i henne, men ikkje torde segja det. Augo hans var so rare i den Tidi; dei fylgde etter henne og liksom bad. Stakkars Gut; det var vist ikkje for godt; han var i ein streng Alder, daa Kjærlegheita er som Eld og Glod. Gjekk han til andre, so kunde han snart vera øydelagd; so mykje visste ho. So hadde ho havt vondt av han, Naut som ho var. Ho fekk nok svide for det. Og endaa hadde dei ikkje havt med kvarandre aa gjera meir enn desse faae Vikune; det var ikkje lengi.

Ho hugsa altfor godt fyrste Gongen. Ja fyrst den Kvelden daa han kom fraa Arbeidarfesten; daa skyna ho nok –. Men so Laurdagskvelden etter, daa kom han heim seint; og var visst full. Daa ho kom upp med Kaffien Sundagsmorgonen, sov han so tungt at ho tenkte ho fekk vekkje. Det kunde ho lati vori; ho kunde visst kor det vilde gaa. Ho kunde ha ropa paa han; ikkje teki han i Armen og ruska i han, som ho gjerde. Ho kunde vita han tolde ikkje slikt. Man ho skulde no alltid vera jaalut. –

Aa Gud, aa Gud; kva skulde ho finne paa no. Og so dette andre, som ho alltid gjekk og fælte for. Men kvi skulde det ikkje gaa godt no so vel som hin andre Gongen? Ho hadde havt meir med Frithjof aa gjera enn med denne. Og endaa var det likare daa; for dei var forlova; og han var eit Arbeidsmenneskje som ho paa Lag. Aa Gud; kannhende skulde Straffi koma no baade for det eine og det andre. Og kanskje for det Fanterie heimpaa Bygdi og. So kunde ho gaa i Akerselvi. Kruse var ikkje so snild heller no som han hadde vori; i den siste Tidi hadde han vori so rar so. –

Uh! der var Frua. Upp som ei Staalfjør; fór og fùmla; skulde hava noko aa stelle med …

Frua kom stigande som vanleg, breid og lat, stirande med vassne blaakalde Augo, liksom ho allstødt gjekk med Mistankar.

«Aassen er det du ser ut? Er du syk?» sa Frua.

IV.

Det var svært so kaut og kry som han hadde vori i seinare Tid, Laurits Kruse.

Han tok nok til aa raa or no. «Han spenner i Gada som en Kommandersersjant,» sa Mandaliten Holmeland.

Og so vilde han alltid tala um Gjentur.

Georg Jonathan, som vart gjesta av Laurits oftare enn fyrr, sa: «jeg vædder Gutten er kommen i Orden jeg.» Og han drog i sine velstelte Whiskers og smilte. Det kunde ikkje vera for inginting at vesle Laurits var i so godt eit Lag og tala um Kvinnfolk i slik ein blasera Tone; det maatte ha hendt noko; og Georg tottest ikkje vera i Tvil um kva det var.

Berre no Guten hadde Vìt til aa sjaa seg fyri. Slike skikkelege Fyrar som inginting visste, og som hadde lìvt innestengt i lang Tid, dei rauk til Helvite merkeleg lett, naar dei ein Gong slepte seg lause.

Det var ein Sundagskveld; dei fylgdest uppetter Karl Johan og saag paa «den ville Jagt». Det var mange Kvinnfolk ute, og endaa fleire Mannfolk; og Kvinnfolki «trakk», og Mannfolki «slo an»; Svarmen drog seg upp og ned paa baae Sidur av Gata som lange myrke Straumdrag. «Her er Liv, her,» sa Laurits; han gjekk og saag paa desse Kvinnfolki, so dei stundom trudde han vilde tala til deim; stana dei daa, snudde han Ryggen til deim og lo.

Lat vera det, sa Georg. Det er ikkje for Moro dei gjeng her og driv; det gjeld Matbiten til i Morgo.

Laurits vart aalvorsam; so sa han halvt for seg sjølv: det er fælt i Grunnen.

Daa fann Georg Høve til aa «præke Moral» for Guten. Han sa som so, at det var ikkje so fælt som ein skulde tru; det var berre «Skuggen av det kristelige Ægteskap». Og ein fekk brùka dei Raadir som baudst. Men det galdt aa vera kjend paa Verdi; ein skikkeleg Fyr kunde koma ut for mangt, dersom han ikkje visste aa agte seg. «Blir du kjed av din Dyd nogen Gang, Laurits,» slutta Georg, «saa kom og ta dig et Kursus i Usædelighed hos mig! Det er en Videnskab, det ogsaa, maa du vide.» «Pyh!» blés Laurits, «alltid tror du jeg er saa dum, du. Tror du kanskje ikke jeg ved, hva jeg gjør?» – «Ja-ja, ja-ja; bare du ved det, saa.» Det vart ikkje meir av det med Moralpreika. –

Nils Bugge og Jørgen Holmeland, som var Medfilologar og sers Venir av Laurits, var so skikkelege, at Laurits ikkje med sin beste Vilje kunde faa deim til aa taka Mistankar. Holmeland kunde ein sjeldan Gong segja som so: «nei naa synes e' rikti du blir saa lei i din Mund, Laurits»; og Nils Bugge sa ein Kveld, men berre paa Moro: «heretter skal du ikke hede vesle Laurits, men vesle Don Juan.» Men elles tenkte dei berre paa Filologi og Fyrilesningar, og var so keide som syndefrie Folk jamt vilde vera, – meinte Laurits.

Naa; for honom kunde det vera det same. Han hadde ikkje so mykje Bruk for Venir no. Den som var aaleine og leid av seg, so var det vondt aa vera deim forutan; men det var merkelegt som ein vart sterk og trygg i seg sjølv, naar ein hadde ei som heldt av ein; heldt av ein heilt ut. Og det um det ikkje var so rart til Gjente heller, dessmeir.

Det hende sig ein Dag, at han kom yvi Diktboki si, «Samlede Digte af L. B. Kruse». Med ein litin Kaldflir um Munnen slog han Hefte upp og bledde i det; mest alle Versi hadde titlar som: «Tunge Tanker», «Ensomhed», «Længsel», «Paa Kirkegaarden», «Hende jeg saa». Laurits rusla burt til Omnen og slengde Boki paa Varmen. Og han sat paa Huk framfor Omnsdøri og saag med letnande Hjarta paa, at hans «Samlede Digte» vart Oske.

Nei; leben und lieben. Dersom dei gjorde det alle, vart det vist faae som skreiv Vers. Live var det einaste som der var Meining i. Og Live leika rundt oss paa alle Kantar, so det berre gjaldt aa trive til.

Verdi var ikkje myrk for andre enn deim som stengde seg inne. Laurits kunde ikkje lenger finne at det var noko vidare i Vegen med Verdi. Han saag klaar Dag kvar han snudde seg. Der var sùmt som ikkje var som ein kunde ynskje; men ein klara seg alltid. Berre ein hadde ei som heldt av ein, og heldt av ein so at ho gav seg heilt.

Gjorde ho ikkje det, kunde det lite hjelpe. For daa tenkte ho mest paa seg sjølv, daa. –

– Det var det raraste han hadde røynt. Aldri kom han til aa gløyme hin Sundags Morgonen, daa dette merkelege hende.

Det var noko so reint anna enn han hadde tenkt og drøymt. Ingen Helvites-eld; ikkje noko sjukt eller stygt. Kva var det som skulde vera stygt? Dei som kalla det Synd maatte ha drøymt det og ikkje lìvt det.

Mange slike ville Tankar hadde han tenkt, som han gjekk der den Sundags Formiddagen, glad og lett, gjenomglødd av ein Elskhug som var utan Pine eller Skam; og han vart aldri ferdug, gjekk og stelte og klædde seg og «pynta seg til Brudgom»; men stundom saag han seg i Spegilen og sa til seg sjølv med eit lystigt Smil: Laurits, Laurits, du er ein stor Syndar.

Det var ei Kjensle av Ungdom og Helse, av Manndom og Mod, som han aldri hadde havt. Han var glad i Gjenta. Ho var ven. Som ho var daa ho kysste han og gjekk: Kinni i fin, varm Bløming og Augo i djup, mjuk, vaat Glans, var ho heilt-upp fager. Det var ikkje sant at ein Mann vart leid av ei Gjente so snart han hadde naatt det han vilde. Herregud; ho hadde gjort dette-her, og det var gali; det var visst nok; men det var daa ikkje noko som han kunde ha imot henne for. Han hadde berre gode Tankar for henne.

Ho var ei simpel Gjente, stakkar, og han kunde ikkje elske henne som – som den han skulde ha. Men ho venta ikkje slikt heller. Det hadde ikkje vori eit Ord um Giftarmaal. Ikkje um Kjærleik dessmeir. Dei tala vel ikkje so mykje um slikt, desse fraa Lande. Men ho visste so mykje, at ein kunde vera glad i einannan um ein ikkje gifte seg. Ho var ei vitug Gjente.

«Æra.» Ho skulde ha mist Æra si. Laurits forstod snart ingin Ting no av det han hadde høyrt og lært. Kunde ein ikkje likso godt segja at det var ærlegt gjort av Gjenta aa gjeva seg, naar ho var glad i ein Gut? Visst var det, at ho hadde ikkje tapt noko av Æra si i hans Augo; og andre skulde ikkje faa vita um det.

Dersom ho endaa hadde gjort Gjerningen med sin gode Vilje! Men ho hadde visst stridt imot det beste ho hadde kunna, stakkar. Ja ho gjorde baade grét og bad. Men han var galin; ingin Ting kunde frelse henne. Det hadde vori ein Augneblink at Samvite hans vakna; han totte Synd i henne og var paa Veg til aa sleppe henne. Underlegt Stell. Hadde han gjort det, hadde han visst komi til aa trega det alle sine Dagar.

Og ho stridde imot enno. Han vart mest leid av det stundom; skýna ikkje kva det skulde svara fyri. Ho visste ho maatte gjeva seg tilslutt likevel; «du magtstjæler mej,» sa ho. Nei; det var nok han sjølv som var Syndaren; skulde han misvyrde nokon, maatte det vera seg sjølv. Men det lærde han nok ikkje paa lengi.

Det var berre ein Ting han hadde aa ræddast fyri: at Vertsfolke hans kunde faa Greide paa det Live han førde, og so gaa til Morbror Broch med det. Men so lettvis og likesæl var Laurits Kruse no, at han ikkje trudde han skulde bry seg stort um det heller. –

– Berre Solskin skulde han likevel ikkje hava yvi denne Elskhugsleiken sin.

Det gjekk godt ein Maanad eller so; men daa var det ein Kveld det hende noko forunderlegt.

Helene gjorde Motstand; lèt seg ikkje magtstela. Ho gjorde Motstand paa ein so handfast Maate, at vesle Laurits ikkje kom nokon Veg. «La' være; Dere raar saa ikke med mej allikevel,» sa Helene.

Laurits vart forfjamsa med det same; so vart han vond. Han var Mann og kunde ikkje gjeva seg for henne; gjorde ho Tingen til eit Magtspursmaal, so maatte han vinne; han kava og stridde som det gjaldt Ære eller Liv.

Men nei. Ho hadde Armar som Jarn; og daa ho totte han vart for ihengin, tok ho seg paa Tak og slengde han ifraa seg som ein Vott; «nei stopp!» sa ho. Og det var ikkje fritt for at ho slo med Nakken, daa ho strakst etter svinga ut gjenom Døri.

Der stod Laurits.

Det runde snilde Andlite vart blaatt i Hudi med rengde Drag. Munnen stod opin; Augo stirde og var liksom ikkje med fullt Vìt; Haare klabba seg vaatt nedyvi Panna. Han saag reint daaleg ut. Kragen var upprivin, Vesten like eins; heile Kroppen forpjuska og bøygd, som tyngd av ei Livsskam.

Det var ei Stund han ikkje røyvde seg; vilde liksom ikkje vita um at han var til. Han skjegla ikring seg med Tjuveaugo; han lydde etter kvar Ljod, so Øyro liksom tøygde seg; med ein Gong luska han burttil Døri og stengde seg inne.

Og so fór han heile Kvelden og halve Natti att og fram paa Golve kokande av Sinne.

Han forstod ikkje dette.

So flat hadde han ikkje kjent seg i sitt Liv. Og so sinna visste han ikkje av at han kunde vera.

Det brann i han som Eld; det saud og sveid som Eiter; det kom i harde, vonde Tak so han skalv av det, so det svimra for han; det var eit Sinne som kunde taka Vìte.

Og so ei Skam som aat og aat, gnog i Innvolane, skaut seg upp i Andlite som heite myrke Blodskuggar …

Ho kunde staa imot! Han raadde henne ikkje; ho gjorde som ho vilde; det var ikkje han, som –; snarare var det ho, som –! Fy!

Ho var eit laakt Kvinnfolk; eit simpelt Menneskje. Og henne hadde han vori Venir med! Slik ein Tenkjemaate som ho maatte hava – ikkje med ei Eldtong skulde han ha røyvt henne!

Ho trudde ho kunde fara med han som ho vilde, ho. Han, han, – han! – havt til Narr av ei slik ei! Som ikkje var vakker dessmeir!

Men ho skulde koma etter, at det var ikkje paa den Maaten meint. Ho skulde faa merke kven ho hadde aa gjera med. Heretter vilde han ikkje sjaa henne. Laatst som ho ikkje var til. Aldri eit Ord til henne. Aldri eit Augnekast. For honom skulde ho vera Luft. Luft! Det var endaa vel, at han hadde lært henne aa kjenne i so vidt god Tid.

Stort fleire var ikkje Tankane hans; men som eit Humlebøle surra dei rundt i hans arme Haus, rundt, rundt; alltid dei same, uppatt og uppatt, til han vart reint trøytt. Aldri i Verdi hadde han tenkt slikt um henne; men no visste han kven ho var; og no aldri meir ein Tanke paa dette Menneskje som han hadde dikta um til ei Kvinne. –

I fleire Dagar heldt dette paa.

Helene laut læ med seg sjølv, naar ho saag kor aalvorsamt han tok det, Studenten. Han var nok svært taapin i visse Ting. For henne kunde det elles vera det same. Det vilde vera godt um det vart slutt no; enno trudde ho ikkje det var hendt noko. Men han kom nok snart att; og so vart det det same; ho visste um det. Mannfolki heldt aldri lengi ut; og Kvinnfolki var snilde og faavise. Og so gjekk det ut yvi deim til Slutt for det meste.

Um nokre Dagar vart det Semju att; dei skulde hava det som fyrr. Men det vart ikkje som fyrr. Ho kunde vera so blid ho vilde, so var ikkje han den same; og det vart verre og verre ettersom Dagane gjekk. –

– Det hende seg av eit Tilfelle i denne Tid, at Laurits Kruse fekk sjaa att Dagmar Dyring.

Han hadde ikkje tenkt ofte paa henne sidan sist. Det var berre vondt naar det Minne kom; og det kjendest ut til, at Draumen um henne snart skulde vera døyvd og drepin.

Han venta aa faa høyre at ho hadde trulova seg med Bjølsvik eller Frigstad eller kvensomhelst. Han skulde taka det rolegt. No visste han, at det berre hadde vori ei Innbilling. Naar det leid so langt at han kunde tenkje paa aa gifte seg, og det vilde vara eit Bìl, – so fann han seg vel ei som var meir etter hans Hovud enn Dagmar Dyring.

Men so saag han henne paa Karl Johan ein Dag, Klokka millom eitt og tvo.

Ho hadde korkje Frigstad eller Bjølsvik med seg. Ho gjekk saman med Frida Westgaard.

Dagen etter forsømde Laurits Kruse ei Fyrilesning millom eitt og tvo. Men ho var ikkje aa sjaa den Dagen.

Næste Gong gjekk det betre. Det var Sundag, og han hadde Tidi for seg. Fraa tolv av gjekk han paa Karl Johan. Klokka halv tvo raaka han Georg Jonathan; denne gav seg dessverre i Lag med han. Han skulde ut og vise sin nye Hatt, sa han; det var ein «Konkurshatt», svært engelsk av Skapelon. «Er den ikke gentil?» spurde han. «Det er den styggeste je har set dej med enda,» murra Laurits. «Heh!» lo Georg og saag svært fornøgd ut.

Dei dreiv nedetter mot Storthinge; Georg fortalde um den nye Tenestgjenta si. Det var den verste han hadde vori ute for enno; fyrr hadde han skift Gjente kvar Maanad; no fekk han vel snart skifte aattandekvar Dag.

Um ho stal? Javisst stal ho. Men det var ikkje det verste. Dei stal alle; der var ikkje Raad med det; det høyrde med til Ungkarsskatten; og den fekk ein nok betala; «all Frihed koster Flesk,» sa Georg Jonathan. Nei; og ikkje hadde ho svært mange «Fættere» heller; det kunde vera tvo eller tri; og det fekk ein segja var moderat. Nei; men Dyre var hysterisk; det var verre. Ho hadde «Tilfelle»! Kasta med Knivar og Ølflaskur etter Husbonden sin, naar Ridine kom; «og du kan si hvad du vil, Laurits; men saan-noe er ikke behageli».

Det bar uppetter att. Uppum Universitete; og so upp Slottsbakken. Der raaka dei Dagmar og Frida; Georg helsa rolegt og elegant med Konkurshatten.

Daa Laurits kjende att dei tvo mjuktstraalande Augo, skaut Blode seg inn-yvi mot Hjarta hans og han vart bleik. Han reiv Hatten av seg som han kunde best, og stupa fram um henne som han skulde ha fengi ein Dunk i Nakken.

Georg Jonathan skjegla til Guten fraa Sida. Var det der han hadde det?

Daa vesle Laurits var komin til Ro etter Møte med Dagmar, saag han straalande ut. Og han sa til Georg: «naa ska du spandere Middag paa mej.» «Vel!» «Og sidan gaar vi hjem til dej og drikker Kaffe med Maraschino.» «Vel!» – Stakkars vesle Laurits.

Dei gjekk til Ingebret og aat. Og dei gjekk til Georg Jonathan i Mukedamsvegen og drakk Kaffi med Maraschino. Men daa Laurits gjekk derifraa, stal han med seg, so Georg ikkje saag det, «Kvindens underkuelse». –

– Det var ein mild Haust; Dagmar og Frida gjekk Turar mest kvar dag.

Dei var aaleine no, desse tvo. Av det «Trekløver», som hadde funni seg saman paa Lærarskulen her i Vaar, hadde den eldste, Helga Thorsen, gift seg no nyleg med Markus Olivarius Markussen, Cand. jur. og Kopist i Finansen.

Paa Skulen hadde dei vori svært varme i den nye Trui, som daa tok til aa faa Magt: Kvinneemancipasjonen. Helga Thorsen hadde lært deim upp; og dei hadde drìvi det so vidt, at det hadde vorti lagt Merke til deim i Byen.

Helga og Frida hadde endaa klipt av seg Haare. Alle tri hadde røykt Cigarett, og hadde i det heile lært seg til aa vera so manslega i all si Aatferd som dei paa nokon Maate torde eller kunde.

Dei var samstelte um, at Mennane var dei verste av alle dei Dyr som Gud Herren hadde skapt. Og ein Kveld, uppe hjaa Helga ved eit Glas Vin, hadde dei so smaatt lova kvarandre, at dei ikkje skulde gifte seg.

Daa Helga Thorsen hadde Bryllaup med Mark Oliv, var dei tvo andre Brurpikur, og ingin av deim hadde funni Grunn til aa minne um denne Lovnaden. Dei hadde lært Mark Oliv aa kjenne, og fann at han maatte vera eit Undantak millom Mennar. Han var brutal, han som dei andre; men han var likevel barnsleg og hjartans god; og so var han so glad i Helga. Ho fekk berge denne Mannen; han fortente det. Men! paa same Tid; taka seg vel i Vare! det var ikkje greidt aa vera gift; han kunde nok koma til aa demoralisere henne!

No gjekk Frida og venta paa Friar, ho og. Ja Dagmar hadde sine Mistankar um, at det alt i Stild og Løynd var avgjort.

Frida negta. Ho tala um «Herr Falch» som ho vilde tala um kvar annan Herre. Men det var ikkje som naar ho tala um andre Herrar likevel. Dagmar kjende det paa seg, at her var noko, kva det so var; og det gjorde henne svært vondt, at Frida ikkje i denne Saki var heilt ut ærleg mot henne.

Og av Hjarta ynskte ho, at det ho trudde ikkje maatte vera sant. Ho hadde so ymse Tankar um den Sakførar Falch; og i alle Tilfelle totte ho ikkje det kunde haste med Frida. So gjekk Dagmar paa lange Turar og friska upp-att for henne alt det dei hadde havt uppe um ædle Kvinnur og fæle Mennar baade i Vaar og sidan; og Frida hjelpte sjølv til, so Dagmar stundom ikkje visste kva ho skulde tenkje. Det kunde slutte med, at dei lagde Armane um kvarandre og kysste kvarandre, og kviskra til kvarandre, um ikkje dei tvo skulde hava Bryllaup paa ein Dag.

So var det ein Gong at Frida sa si Meining beint ut; og det var den, at fyrr ho vilde slite sine Dagar som Læremor og Møykjering, fyrr vilde ho gifte seg med ein Vognmann.

Det var ein Dag i Desember. Lufti var graa, og det tok til aa vintrast; men det var ikkje kaldt. Det berre blés noko; og det saag heller ufjelgt ut uppe millom dei store upprìvne Skyine.

Dei kom halande ned Bogstadvegen, nedanfor Majorstogo, der Vinden strauk so godt yvi den vide Flata. Det var strævalt aa koma fram; Vinden blés Kjolane inn millom Føtane paa deim for kvart Stìg. Dei livde Kinni sine, raude og friske som dei var, med Muffur av graabrunt Pelsverk; og dei laut skrike heller kvasst til kvarandre gjenom Blaastren.

Dagmar hadde skjellt svært paa Mennane i Dag. Frida hadde fylgt med ei Stund; men so med ein Gong hadde det komi som eit Upprørsskrik dette: heller gifte seg med ein Vognmann.

Ja; for ved Gud, det var ingin som visste kva det var aa lìva aaleine, helst naar ein vart gamal. Ved Gud! Frida vilde ikkje det. Dei arbeidde for at Kvinna skulde lìva for seg sjølv; og det var Frida med paa; ho var likso varm for Kvinnesaki som fyrr; jau, ho var! men ho vilde ikkje lìva aaleine. Det vilde vera surt aa lìva paa Naade hjaa ei Syster eller ein Bror, endaa daa kunde ein vera til Hjelp i Huse, og vera Tante for dei smaae, og hava eit Grand Lag; men slite all Dagen paa ein Skule, og so gaa heim og sova paa ein Hybel, nei ved Gud! Daa vilde Frida heller –; ja ho vilde heller … vera eit uskikkelegt Menneskje og lìva som –; ja; likso gjerne det! Nei; dei skulde arbeide for at alle kunde gifte seg; det skulde dei! For – «ja det vét du godt, søte Dagmar» –; der var so mange Mennar som ikkje kunde gifte seg; dei hadde ikkje Raad! Utan kanskje naar dei vart so gamle at ingin vilde ha deim.

Daa kom Dagmar; og Dagmar var harm.

Dei vilde ikkje gifte seg, sa Dagmar. Dersom dei vilde, so kunde dei; men dei hadde ikkje Mod! Dei var so vigtige; dei trudde aldri at me Kvinnur kunde hjelpe til med noko; me kunde ikkje arbeide eller tena Pengar; nei, dei vilde ikkje bjode seg, fyrr dei var so rike, at dei kunde hava oss sitjande paa Stas til aa pynte upp Huse for deim! Det var me gode nok til; men ikkje til noko anna. Det var det, ho mest kunde hata deim for; det viste best kor – kor – kor raatt dei tenkte um oss; so lite vyrde dei oss; ja det gjorde dei. Aah! Ho hadde ein Gong innbilt seg, at ho kunde koma til aa like ein; men fraa den Dagen ho forstod at han tenkte paa den Maaten, vilde ho ikkje sjaa til den Sida han gjekk.

No vilde Frida ha Greide paa, kven det var Dagmar hadde tenkt ho kunde koma til aa like; men – «aldri i Verden!» Den Mannen hadde Dagmar for all Tid stroki ut av «sin Erindrings Tavle».

Ned gjenom Homansbyen tok ikkje Vinden so sterkt; dei kunde tala meir rolegt.

Og dei tala um mange Ting, men alltid um det same.

Dei samdest um, at ein ikkje skulde gifte seg, utan ein elska so, at det maatte vera den eine eller ingin.

Dei lova kvarandre at dei ikkje vilde taka imot noko «Kurmageri». Skulde dei vera Venir med ein Mann, so maatte det vera ein som stelte seg som Kammerat imot deim.

Og dei tala um den gaatefulle og fæle Ting, at ein kunde trulova seg og gifte seg, og so kom det upp, at den ein hadde gift seg med ikkje var den rette.

– «Ja, for slikt hender, du!» forklaara Frida. «Nina Bøckmann du vét, hun som gjælder for aa være saa'n litt flott, vét du? ja; hun har engang, men ved Gud! du maa ikke si det! ikke til noe Menneske, skjønner du! ja lov mig det! for jeg har ikke Spor av Lov til aa si det; ja; hun har engang tilstaat med grædende Taarer, for Helga, skjønner du, endda Helga er saa meget yngre, ja, tilstaat, at han ikkje var den rette. Kan du tænke dej noe saa forfærdeli?»

«Jasaa.»

«Ja. Tænk du, hvor det maa vere sørgeli. Og det skal vare hele Livet, du! Ved Gud! jeg har saa vondt av henne! Jeg undres ikke det Grand paa, at hun gir sin Mann en god Dag; for det gjør hun visst, du! ja det er fælt, kann du skjønne!»

Dei var i Slottsparken. Vinden susa gjenom Trei, som stod og svinga med bladlause Kvistir og saag gamle ut, so unge dei var. Dagmar stræva med aa finne dette syrgjelegt.

Frida sette fram den Tanken, at det beste var um Folk kunde hava kvarandra paa Prøve ei Stund; «men det gaar jo heller ikke an, skjønner du!» Dei var samstelte um dette.

Men Georg Jonathan hadde meint, fortalde Frida – ho hadde havt ein Samtale med «den affekterte engelske Fyren» ned-hjaa Grosserar Storr her ein Kveld –; Georg Jonathan hadde meint, at det nok kunde lata seg gjera at Folk gifte seg paa Prøve. Gjekk det godt, so gjekk det godt, sa han; og gjekk det gali, var det mykje likare dei skildest. «Det er i Grunnen det di gjør, Herrerne du!» sa Frida, «iallfall gjør visst han det; han lægger visst ikke noe videre Skjul paa, at han har en saa'n; men slikt gaar jo heller ikke an, kann du skjønne!»

«Jasaa,» spurde Dagmar; «er Georg Jonathan slik?»

Pyt, meinte Frida, dei var slik allesaman.

Dagmar tagde. Ho hadde lesi og høyrt so tidt, at dei var soleis allesaman; men ho trudde det aldri um dei ho kjende. Desse snilde Gutane som gjekk i Huse hjaa Far hennar, og saag paa henne med ærlega Augo, og tok henne i Handi til Goddag og Farvel, dei skulde kunne gaa beint fraa henne og til –. «Nei fy!» sa ho høgt, og riste paa sitt haarfagre Huvud.

«Di allerfleste,» heldt Frida fram. «Herregud, det vét vi da jo. Di synes visst ikke di gjør noe galt di; di vét vel ikke ant end det skal saa være! Og kanskje er det litt anderledes for dem; Georg Jonathan sa, at vi og di er saa forskjellie, at det kann ikke nytte aa snakke om det.»

«Det er Løgn,» sa Dagmar Dyring.

«Ja Herregud, du; det sa jeg ogsaa, kann du skjønne; men kann du tænke dej –, han svarte, at det var ikke godt aa vite det for oss, vi som ingenting vét og ingenting vil vite! Aassaa sa han det: tror Di nu, sa han, at Mændene gjør saa'nt noe, fordi di har Moro av aa føre unge Piger i Fordærvelse? Hva Moro skulde di ha av det? sa han. Ofte kommer di i Knipe for det selv aassaa; di kommer i mangeslags fælt lei Knipe, sa han – du vét han taler saa'n; naa; – ja; og di kann da ikke gaa og risikere alleslags Ting bare for aa ødelægge Folk som aldri har gjort dem noe vondt? sa han. Hva sier du om slikt, du?»

Dagmar var harm; so harm at Augo skaut Gneistar. «Georg Jonathan er ein Fyr som du skal passe dej for!» sa ho.

Ja; Frida visste det. Og ho skulde nok greide seg for sin Part. Naa; se der har du din spesielle Tilbeder,» lagde ho til; ho saag Laurits koma drivande.

«Ja han! han er ikke av den Sort,» svara Dagmar. Og daa dei møtte Laurits, stansa ho han upp, gav han eit av sine fagraste Augnekast og sa: «si mej, Herr Kruse, hvorfor vil Di ikke komme ut til oss om Søndagskvelderne?»

«V-v-il?!» sa Laurits; han smilte yvi heile Andlite.

V.

Det saag ut som dei ikkje skulde faa ærleg Vinter det Aare.

Sjølve Desember var ein Regnmaanad. Aldri Himil, aldri Sol; berre vide myrke Verdenshav av Skyir, og Regn, eller stundom Slette, som var Snø upp-aa Høgdine. Men ikkje der heller var ærleg Snø. Det var Snø som tinte, Snø med Flekkir for kvar Stubb og Stein, sur vaat Snø mot sur vaat Luft, so Aasane saag ut som dei kulsa og fraus, og all Verdi vart ufjelg av denne Halvvinteren.

Nede i byen var Gatune glettne og vaate med Vatsdiplar og Søylefæn for kvart Sig i Steinsetningi. Men Gatur som ikkje var steinsette var Søyle til Botnen, med smale svigtande Bordbruir til aa gaa paa.

Folk heldt seg inne og lagde i Omnen; den var Husguden no. Ved Glasi var det hustri og kaldt, og ute paa Gata var der ikkje anna aa sjaa enn vaate vandrande Regnhatter.

Hyggjelegt vart det ikkje inne heller, fyrr ein fekk upp Ljos og kunde rulle ned for Vindaugo. Daa, naar ein kjende seg heilt innestengd, so det ikkje var noko som minnte um Guds frie Natur med den graae Lufti og det kalde Ljose, daa fyrst tok Folk til aa livne. Dei kraup ut or sine Skal og strekte seg i Armstolane med Pipa og «Aftenposten», eller, naar det var Damur, med Binding eller Heklety; og i Omnsvarmen tinte dei upp og rødde med kvarandre, naar det so vilde falle.

Folk som ikkje hadde det koselegt heime sat gjerne paa Vertshusi Dei som ingin Stad hadde aa gjera av seg laut vera til, dei og; men dei lika seg ikkje. – Ein av deim som ikkje lika seg var Maalaren Bjølsvik.

Han var i det heile ikkje den glade Guten som han hadde vori. Han, som i sin Ungoms Dagar hadde vori Fyrstemann i altslags Galinskap, Æresformann i «Dilla», «Storfyll» av «Flaskekapselen» og mykje anna rart, han var no so nedpaakomin og «demoralisera», at han ofte sat inne og mula yvi ei Bok, naar Rangelen gjekk som verst i Centralkjellaren eller uppe i «Fallgruben».

Og kraup han ut or Hie sitt ein Gong, so var han endaa i Ulag. Leid og sinna paa alle Ting, men iser paa Kvinnfolki. Um deim hadde han eit heilt « Repertoire» no av harske Preikur; og Peter Tordenskjold gjekk og undra seg forderva paa, kven det kunde vera Bjølsvik hadde vori ute og fengi Nei av.

Bjølsvik treivst ikkje millom dei gamle Kammeratane sine lenger. Dei sat alltid og rødde um Kunst, dei, disputera um blaatt eller brunt og var «moderne»; det vart Bjølsvik leid av. Han var leid av alt. Han sat helst og seig burt i sine eigne Tankar; letst som han las i eit Blad, men gjorde ikkje det heller; gav eit av sine «store Nummer» naar han saag seg Kans til det; skvatt so upp og gjekk, «forsvandt», so dei visste ikkje Orde av, fyrr dei saag Ryggen hans i Dørgape.

Men det var ikkje Moro aa koma heim til seg sjølv heller.

Naar han seint um Kvelden steig inn paa «Bula» si i «Pultosten», og der var kaldt og svart, og raa Luft innsett met Tev av Maalarfargar og Tobak, og Lampa var ustelt, og Omnen full av Oske, og Veggen full av dei gamle Bilæti, og Golve fullt av Maalarstolar og Kassur, og Borde fullt av Pipur og Tobak og Flaskekorkar og Mappur og Papir og Rusk av alle Slag, og han sjølv maatte leggje i Omnen, og sjølv reide upp Sengi, som var løynd attum ein høg Skjerm av Karduspapir, og so han ikkje hadde anna aa taka til enn denne daude kalde Boki, so Fanden brodere um han kunde finne ut, at Verdi var som ho skulde vera.

Det vart gjerne til det, at han sette seg til i fullt Overty, slik som han kom fraa Gata, tok den Boki eller det Blade som han maatte hava til aa sjaa paa, og lét so Tankane svive som dei vilde; men Tankane sveiv jamt til den same Kanten.

– Ei Kjering og ein Katt. Det var ikkje stort meir han kravde av Vaarherre. Men han kom nok ikkje so langt at han kunde føde Katten dessmeir, langt mindre Kjeringi.

Henne hadde dei dessutan øydelagt for han. hadde dei skapt um, so ho var ikkje same Menneskje. Han banna deim i sitt Hjarta og tenkte med seg, at fekk dei halde paa som dei vilde, so kom Verdi ein god Dag til aa ikkje vera anna enn slik ein Trollkjeringdans yvi Haug og Hei.

Og so kom Studentane. Dei var alle Stadir framme. Dei aatte Verdi dei, maatru. Iser aatte dei Kvendi. Og Kvendi, Gubbevars, dei kom farande med Tunga ut av Halsen, berre dei saag Snippen av ein Student; for han var ein av deim som skulde faa «noko visst», han. Naar han hadde sin Eksamen, so fekk han Post; det var fast Takster det; og so steig han i Gradine etterkvart som han fekk Ungar; men naar han var so gamall at han ikkje kunde tyggje Graut, so fekk han Pensjon. Det var Staten som syrgde for honom. Me andre fekk klara oss som me kunde, me. Og laut endaa betala Skatt, Toll og Tiend.

Hadde Bjølsvik havt det som han vilde, so neigu um den Gjenta skulde ha sloppi fraa han! Han skulde ha nappast um henne baade med Studentar og Trollkjeringar, ja med kven som helst. Men raadlaust var raadlaust.

Han hadde faae Inntektir, og dei var uvisse, men Utgiftir nok, og dei var Fanden so visse; taka henne her upp i Pultosten og lata henne lìva paa Sild og Stùmp som han gjorde sjølv, det lèt han nok vera; og beda henne vente til dess han vann seg upp i Verdi, um eit halvt Tjug Aar eller so, det korkje vilde han, og heller ikkje kunde det nytte.

Det fekk vera som det var. Han fekk lata henne gaa; ho hadde sin Veg. Men det var komi ein Uhug yvi han som han ikkje raadde med; det var ikkje Moro aa arbeide, dessmeir. Um han kunde vinne eit Namn som Michel Angelo, so totte han ikkje det kunde vera so stor Hjelp i det.

Det var ein Saknad som laag og sleit for Bringa hans all Tid, so han var fredlaus Mann. Det var som han aldri meir kunde kjenne Glede. Det laag og glødde under Hjartekula som ein saar, brennende, bundin Graat. Med henne kunde heile Live vori Moro; utan henne visste han knapt kva han skulde med det.

Men han var ikkje den som gav seg yvi! Ein var daa Mannfolk, for Fanden; og det skulde vera smaatt Stell um ein ikkje klara ein slik Ting! Han manna seg upp, og banna seg upp, og sette seg kvar Dag fyri at han vilde gløyme. Og han vilde ikkje gaa lenger og lìva som ein Munk og ein Einstøding for ein Tings Skyld som var ein Draum og aldri vart anna enn ein Draum. Var Verdi vrang, so fekk han au slaa seg vrang. Berre han slo seg glad og lìvde med dei glade, so gjekk vel alt lettare.

Stakkars Constance; henne hadde han vori leid imot. Herregud: ho var ikkje av deim som hadde noko aa krevja. Men ho hadde daa alltid vori snild. Og dessutan, kva skulde ein segja? Lìva av aa staa Modell kunde ho ikkje, helst daa ho hadde denne Far sin aa draga paa, men at ho i Grunnen var bra Gjente, det vilde han døy paa. Han vilde gaa der ut ein Gong og gjera det godt att; jagu vilde han so. Kvi skulde han ikkje det? Der var ingin som hadde noko med aa krevja Rekneskap av honom. –

– Naar han vart so kald at han tok til aa skjelve, berga han seg aat Sengi. Der tenkte han dei same Tankane upp att og upp att til dess Svevnen kom.

Men var det vondt aa koma i Seng, so var det endaa verre aa koma upp att.

Det var ein ufysin, innsur, gjenomvaat Maandags Morgo; han vakna tidleg; det eine Aaklæde var glìdi ned paa Golve, og han fraus.

Sidan laag han og dorma ei Stund, men fekk ikkje sova.

Lufti i Rome kjendest som ein tett, kald Eim, so at berre han kom upp or Sengklædi med ein Arm eller ei Oksl, klabba Skjorta seg til Kroppen med ei kald Ising som maatte ala Gikt. Og Andedrage steig til Vêrs i kvite Kvervlar liksom Piperøyk.

Nede fraa Gata høyrde han at Dagen var i Gang. Det var den kjende Duren av ein Kristiania-Kvardag; døyvd Rulling av tunge Kjerrehjul, skrellande Vognrammel innimillom, tydelege Stig av Fotgangarar nedpaa Fortòge, men elles stilt. Ikkje ein Tone, ikkj eit Rop; ein kunde tru det var Duren av ein daud By som spøkte.

Bjølsvik laag i Sengi og vreid seg; ein vart snart leid av aa liggje; men kor skulde ein faa Mod ifraa til aa staa upp. Det vilde vera som aa gaa i Sjøen paa ein Frostdag. Ikkje var det ljost nok til aa arbeide heller. Fanden skulde ha desse myrke Dagane; det var Dagar for Bjørnsen som laag i Hie, men ikkje for Folk som skulde gjera noko.

Og no maatte han snart ha den «Fuskesætra» si ferdug. Han kunde ikkje lìva all si Tid paa Kronelaan.

Det tok til aa verkje i Samvite hans, og Hovude var ikkje rart det heller. Han laut upp no; upp og faa Luft.

Langt um lengi vaaga han Sprange. Nokre Klædefillur fekk han paa seg i ei Hast; men kaldt var det, so Tennane skrangla.

Han glytte ut gjenom Glase; berre Skodde og Snøslaps. Graavelling. Eit Par Skorsteinar stakk upp i Lufti som svarte sotute Gryteøyro.

Omnen var halvfull av Oske som vanleg. Det var daa som heite, brandgule –, at han aldri kunde hugse paa den Oska! Og Bjølsvik banna, so det kunde taka Eld i Veden berre av det. Men til aa vera dess tryggare fann han fram Petroleumsflaska.

Sjølvsagt. Tom som ein Pengepung. So tom som det skulde ha vori Brennevin paa ho. Bjølsvik saag ut som han kunde faa Ølkveisa; og alt han hadde banna fyrr vart Barnesnakk og Gudsord mot den Leksa som no kom. Og daa han ikkje kunde lenger, trampa han i Golve so Pultosten skalv, av di «dette fordømte saakaldte Sprog» var so «fattigt paa Kraftudtryk».

Han spikka upp so mykje Flisir at ein maatte kunna «setja Eld paa Maridalsvatne» med deim; men so kunde han ikkje finne Fyrstikkur. Paa Borde var dei ikkje; paa Golve var dei ikkje; i Glase var dei ikkje; og ikkje i Jakkelumma, og ikkje nokon Stad. Sjølvsagt! Han hadde gløymt aa kaupe. Han lo av Sinne; han skar Tennar av Sinne; han frynte av Sinne som Fanden paa store Bededag; men banne kunne ikkje nytte; alle Eidar var for veike. So reiv han Styvlane paa seg og gjekk inn til Blytt; der stal han Stikkur. Blytt sov som ein Stein og saag ut som han vilde sova til Domedag.

Med eit Grand Stræv fekk Bjølsvik det til aa brenne; so vaska han seg og stelte seg, og gjekk nedi Kjellaren og fekk Kaffi. Det greidde seg paa ei Vis, so lengi han hadde Kredit der.

Ein Kopp Kaffi, eit Egg og tri «Kakeskivur» friska paa Huglage; og daa Maalaren Otto Nielsen kom, tok Bjølsvik naadigt imot han.

Dei banna fyrst paa Vêre ei Stund, og so paa «dei daarlege Tidir». Otto Nielsen fortalde at han maala eit «Publikumstykke» med Solnedgang yvi ei Snøhei; kvar Kveld naar han lagde seg bad han um Snø og Frost, men det hadde ikkje hjelpt enno. Bjølsvik kunde vera like glad med Snøen, sa han, berre her vart ljosare. «Fuskesætri» vilde han ha ferdug no; Blomkvist trudde han tok det Stykke; og so vart det eit hundrad Kronur eller so til aa friske paa Krediten med; det kunde turvast det no.

Berre det ikkje var den Obligasjonen; og no laut han vel for ein Gongs Skuld betala Avdrag. «Saa du holder Obligationer?» sa Otto Nielsen. «To, Far!» svara Bjølsvik. Dei var fraa den Tidi daa han hadde Stipendie og var i München og Paris. «Men du fik jo noksaa godt betalt det store bibelske Billede til Kunstforeningen?» Aa, det var ikkje nokon Kapital til aa liva eit Aar paa, knurra Bjølsvik; «og Stipendie, som du veit skal vara eit Aar, er so stort at ein godt og vel kann koma att og fram med det.» «Kjenner til det,» nikka Otto Nielsen.

Han var ferdug med Kaffien og stappa Pipa si, – Portoriko No. 2 i ei Jaabækspipe. «Og det Billede je siden fik solgt til denne Endre Storr,» heldt han fram, «'Vaad Høst', du vét» … – «Ja?» – «Det gav den Slyngelen bare 300 Kroner for; og saa fik je enda den Besked paa Kjøpe, at det var ikke Kunst, det je hadde gjort, men Fotografi. Idioten.» – «Hm! Og enda gav han 300 Kroner for det!» – «Ja; for 'Sannhet har vi Bruk for, men Kunst er Humbug', sa han. Generalidioten.» – «Patent-Idioten.» – «Kgl. norsk Overidiot.» – «Kraftidiot.» – «I Evighed Amen.»

Men so lengi Bjølsvik hadde desse Obligasjonane, kom han ingin Veg. Ein Obligasjon var som ein Mylnestein um ein Manns Hals; Bjølsvik kunde maale so mykje Fusk han vilde, so vart det ikkje meir enn til Obligasjonane, og so kannhende til Tobak, men Fanden ikkje til Brennevin.

Og so den Skræddaren. Trur du det var so mykje som ein Bukseknapp aa faa paa Borg der no lenger? Og dei «Klædebønderne» han her gjekk i, og som var dei beste han aatte, dei var so utslitne, at han ikkje var præsentabel med deim lenger, minst bak. Han kunde knapt nok gaa til Folk um Kvelden dessmeir; og slettikkje naar der var Damur.

Otto Nilsen blinka med Augo og lo lysteleg; Bjølsvik lo med.

«Nei Fanden,» tok han frami att; «det blir ikke anden Raad enn at je faar gaa optil Voss og sæle Kadavere mitt.»

«Je har tenkt paa aa sæle Sjæla mi je,» sa Otto Nielsen; «og je skulde Fa'n hente mig sæle 'a til Innkjøpspris ogsaa. Men Fa'n ta Fa'n; han er for klok, den Slyngelen; han vét at han faar den skarve Sjæla mi for ingenting, naar han venter litt, og saa vil 'n ikke.»

«Ha, ha, den Svinepelsen,» lo Bjølsvik.

Her var i det heile ikkje anna aa gjera: ein fekk maale Publikumkunst og liva økonomisk. Herregud, um dei no ikkje dreiv det so vidt som til aa koma i Louvre; det var mange som ikkje kom i Louvre. Ja um dei ikkje kom i Nasjonalgallerie dessmeir; Mat og Kaffi maatte dei no hava. «Den norske Kunst»? den kunde dei ikkje «ta noe Hensyn til». Det var ingin som hadde Bruk for den; Staten gav so mykje til norsk Kunst som det gjekk i Pension til ein Bisp; og endaa totte Bøndane det var fælt mykje. – Det tok til aa klarne ute; Bjølsvik sa Godmorgen og gjekk.

Det var ikkje lett aa halde Mode uppe. Det han arbeidde med og vilde brùka heile sitt Liv til, det hadde han for lengi sidan merkt at ingin brydde seg um. Hans eigne Venir, som Redaktør Klem t. D., iddest ikkje so mykje som koma upp til han og sjaa paa det han gjorde. Kom det nokon, so var det ein Ranglefant som vilde høyre um det fanst Brennevin paa den Bula; andre Folk saag ikkje han. Det var fælt som ein stod aaleine i Verdi. Ein hadde Kjenningar og Venir i Tylvtetal; men naar ein skulde tenkje seg um, so hadde ein ingin.

Daa han kom inn paa «Bula» si att, fann han attum Skjermen Gabriel Gram, som stod der og vaska seg.

«Naada! Hvor Fanden kommer du fra?»

Gabriel Gram grein: «Vika.» Fæl Vika-Rangel. Han var øydelagd, totalt øydelagd. Laut faa sova ein halv Time paa Sofaen der, fyrr han gjekk i Departemente. Uff Tvi. Fælt slikt. «Er det rent, det Haandklædet der? Naa, det er sant –. Ja, ja. Aldeles fortumlet. Jeg vil forresten anbefale dej –. Saah! det ogsaa!»

Han slengde Handklæde og treiv eit Glas; slog Glase halvt med Vatn og Konjak og gav seg til aa skylja Munnen sin som det gjaldt Live. «Isj!» han sputta; «tror du ikke jeg kysste Svine' ogsaa?»

Bjølsvik maatte læ. «Hvor har du forresten stjaale' denne Konjaken?» spurde han.

«Bort i Kraaen der, blandt alle Flaskerne dine. Uff. Gud hjelpe oss allesammen. Je har vasket og skyllet overalt, men man kan Fanden ikke være sikker. Je var saa forbannet full. Uff. Nei, nei nei; je er saa nervøs –; du maa … du maa skaffe mej noget Øl, du. Litt fort. Jeg – jeg – jeg … Skyndt dej.»

Han lagde seg i Sofaen so nervøs at han bibra. Bjølsvik tok eit Aaklæde av Sengi og tulla ikring han; «jøss; du er grøn i Ansigte,» sa han. «Kom med Øl!» knurra Gram.

Ja kom med Pengar, svara Bjølsvik.

Finst ikkje Pengar, sa Gram; Svine plundra meg til siste Øyre. Gakk ut og faa ei Flaske Øl paa di ærlege Uppsyn, eller paa Klokka di, eller –. Det er det same. Uff; det er for fælt. Det maa Fanden gale meg vera Slutt no. Herre Gud; lat meg faa noko Øl; eg gjeng fraa Forstanden.

Bjølsvik hadde funni ut at han fekk freiste hjaa Blytt. Han var den rike Mann no for Tidi …

Blytt laag enno. «Du Syvsover,» sa Bjølsvik, «har du ei Flaske Øl her?»

«Ikke Spor av Øl, ikke Spor,» svara Blytt.

«Enn Penger da?»

«Penger, er du gal? Ikke Bøss, ikke Bøss! Bare to-tre Kroner; vil du la være? Dem skal je ut med! La være, sier je! Slyngel! Set paa Maken!»

Men Bjølsvik hadde alt funni fram Pengeboki hans og det viste seg at der var baade ei Femkrone og noko til; yvi tvo Kronur i Sylv. Ditt Uting; du er so rik som Rothschild, sa Bjølsvik; Takk skal du ha! Han tok det der var av Sylv og gjekk. «Je maa ha dem igjen, igjen!» skreik Blytt; «ja vent til je faar solgt Fuskesætra mi,» svara Bjølsvik inn gjenom Døri.

Strakst etter var han uppe hjaa Gram att med tvo Flaskur Øl.

Gabriel Gram laag paa Sofaen og kunde ikkje sova. Han var so rar, sa han; han laag liksom so ustødt; det var som han maatte halde seg fast; han kunde glide ut, totte han; det var som der ikkje var Vigt i han. Alltid var det slik. Og so rædd. Rædd, rædd. Rædsleflagur kom farande som dei vilde sope han burt; han kom nok til aa svide for denne Rangelen i mange Dagar.

Aa Gud, han var so rædd. Satan! at ein aldri kunde lære.

Her er Øl, ditt Svin, sa Bjølsvik; drikk og ver glad. Gram smaka paa Øle; men so vilde han ikkje hava. Det var so vondt. Han kunde ikkje smaka nokon Ting. Vart berre elgin av det. Vilde sova, sova; kunde han so sant koma i Ro.

Bjølsvik lagde eit Tæpe til yvi han og sette seg til Arbeide; «no skal du hava Fred for meg,» sa han.

– Gram var ein liten bleik Bergensar, med kolsvart Haar og eit kolsvart Munnskjegg. Han var smaaleg i Dag, som jamt naar han hadde vori «paa Galei»; men til vanlegt hadde han so godt Mod som Bergensgutar skal hava.

Rett som det var sette han i: «nei, nei; je vil gifte mej; je vil Fanden gale mej gifte mej.»

«Jasaa,» sa Bjølsvik.

Gabriel Gram laag og tagde eit Bìl; so sa han: «der er ikke annen Raad. Je vil gifte mej.»

Han hadde tenkt han skulde vera ferdug med slik Villmannsrangel no, heldt han fram; langtifraa; berre han vart eit Grand full ein Kveld, gjekk han paa dei gamle Stadine som han skulde marsere under Kommando. Der var ikkje Raad for det. Og no heldt han ikkje dette ut lenger.

Var det ikkje so at du hadde funni deg ei privat no, som skulde vera til slik Hjelp? spurde Bjølsvik.

«Nytter ikke,» svara Gram; «jeg holder ikke av henne. Naar det kniper, husker jeg ikke paa henne engang.»

Nei; gifte seg, gifte seg. Dette her bar til Helvite; det var greidt som Dagen. Og so var det ikkje Moro dessmeir; ikkje det Grand Moro. Men tenkje seg aa ha ei ærleg Gjente; ei som ein heldt av; ei som ein kunde forlata seg paa; aah.

Ja det segjer du i Dag, meinte Bjølsvik. Men elles er der so Skam noko i det. Gaa paa Vika-Rangel, det er vel nokorlunde som naar Arabaren gjeng i Sahara og ikkje finn Vatn; so slagtar han ein Kamel og drikk det Vatne han der finn, i den femte eller sette eller aattande Vombsekken; for Kamelen hev fleire Vombsekkir enn der kan liggje paa eit Mjøl-Lass. Som det Vatne er mot ærlegt friskt norsk Fjellvatn, so paa Lag er det vel med den Gleda ein kann ha av eit kaupt Kvinnfolk, mot den ein fær av ei Gjente ein held av

Det er fælt godt sagt, sa Gram. Alltid hev du so mange Likningar, du. – Kva er det du maalar paa?

– Det er Fuskesætra mi.

– Kva er det for ei Sæter?

– Det er ei Sumarsæter maala um Vintereren.

– Aa naa. Matstræv.

– Ja. Men haldt Kjeften din du! Eg gjer det sgu mykje betre enn Godtfolk fortenar.

Dei tagde eit Bil; so sa Bjølsvik: «so du trur du kann faa ei Dame til aa gifte seg paa ei Ekstraskrivarløn?»

Gabriel Gram sa at han vilde gifte seg med ei Tjenestgjente. Berre det var eit ærlegt Menneskje; Herregud, eit ærlegt, skikkelegt Menneskje.

Ja det var no ikkje alltid nok til eit Giftarmaal det, meinte Bjølsvik.

Naa; elles trudde nok Gram at han skulde faa ei Dame. Han kunde skrive noko meir Kunstkritik. Og naar det leid paa, so fekk han ein betre Post.

Aa ja, for den Skuld, meinte Bjølsvik. Tevlingi millom deim som søkjer Forsyrgjar er so strid, at snart sagt kven som helst kann faa kva Dame som helst, berre han hev litegrand aa bjode paa. Gjeng dei ikkje her i Hopetal; i heile Arméar; store, staute, vakre Kvinnfolk, fullvaksne og fullmogne; dei stend med opne Armar og berre ventar, og det er for den Skuld Synd aa sjaa, kor mange av deim som gjeng og folnar burt utan Glede og utan Brudeseng. Men slær ein seg galin og gjeng burt og tek ei av deim, so vert det sgu annan Dans! Dei kan ikkje Additio og Subtractio, dei Tausine, og ikkje Reguladetri heller, men godt vil dei ha det; tri Rom og Kjøk er det minste ein kan bjode deim, og ei Gjente til aa stelle Huse maa dei ha; og ei Gjente attpaa til aa stelle Ungen naar den kjem; og so fire Rom istadenfor tri, og so Doktar og Jordmor og Klokkar og Prest og Kyrkjetenar og Faddrar og Fanden og hans Pumpestokk; ein maa laane i Banken, skal ein staa i det. Det er ikkje lenger sidan enn fyrre Dagen; daa raaka eg ein gamall Kammerat, Paal Storm du veit, Zoologen; han er so rik som tri-fire av oss Konstnera; han hev 400 Dalar fast, ser du, sekstan hundrad Kronur um Aare, Gut! men no er Ungen komin; og trur du ikkje Fyren kom til meg og spurde um eg kjende nokon som kunde skaffe han Ettermiddagsarbeid? Tosken. Kor gjeng det med Bladlusi di daa? spurde eg; aa, eg fær lesa um Nætane, sa han. Det veit Kjeringi! Men trur du ho finn paa nokonting? Langt ifraa. Ho læt det staa til ho; Mannen er Forsyrgjar, og han skal skaffe; skaffe, skaffe, skaffe! Dokka ho sit paa sine Bolster blaa, ho, berre krev, krev, krev, meir og meir, og meir og meir, til dess Fyren ligg der; og so tar hun sig en anden igjen', ho. Jaudaa! Bjølsvik banna brennande og av Hjarta.

Men det er sandt; du skal sova, du Grisen, la han til.

Gabriel Gram trudde ikkje han torde, sa han. Det vart ei vond Innsomning, var han rædd; han kjende det paa seg. «Ei vond Innsomning?» Ja; det forstend du ikkje, sa Gram; men det kann vera vondt; ei underleg Bivring og Skjelving i heile Nerveveven, og so, med det same ein somnar, gjeng det gjenom Kroppen som eit elektrisk Slag; og so er ein stiv! Det er som Marerìding. Men med alt dette fylgjer det slik ein Helvites Otte.

Du ranglar for mykje.

– Jagu gjer eg det! Men kva skal ein gjera, naar ein ikkje eig Glede eller Hyggje i sitt Liv? Maa ein daa ikkje takke til at ein hev Brennevin?

Med ein Gong reiste han seg og sagde han vilde til Elise. Ho skulde leggje seg med han; so vart han roleg, og so fekk han somne. «Bøckmann kann ikkje vera der paa denne Tid? Langtifraa.» Til Departemente vilde han sende Bod at han hadde Tannverk. Det tok seg ikkje ut aa vera sjuk paa ein Maandags Fyrimiddag; «men Tandpine, for en fa'n, det maa da gaa an!»

Han fann fram med skjelvande Hendar Penn og Papir og skreiv ein Setel. So vaska han seg og stelte seg; fekk ei halv Krone og gjekk.

Bjølsvik sat etter og hadde vondt av Guten. Og av seg sjølv; og av alle og alt. Med ein Gong mulla han høgt for seg sjølv: «stakkars Constance,»

Gud veit, kor ho klara seg i denne Tid. Ho hadde aldri vori sterk; den Bringa var ikkje aa lite paa. At ho aldri kom! Ho kunde sitja Modell for den eine Gjenta i «Vinterkveld»; jagu kunde ho det. Han skulde ut ein Kveld aa tala med henne um den Ting. –

– «Kom inn!»

Det var Agent Knoph, som kom, «Fanden», ein litin svart, nakkebøygd Mann som Bjølsvik alltid trudde maatte vera ein avdanka Skomakar.

Han var Agent for mange Ting. Men det han tente best paa skulde vera Kunsten.

Han hadde Greide paa sine Folk. Naar han visste at ein Kunstnar var i Knipe, so kom «Fanden» og sa, at han kjende ein Mann som vilde ha eit Bilæte, naar han kunde faa det billegt; og naar dei ikkje hadde onnor Raad, so selde dei for det han vilde gjeva, helst dersom Knoph «lagde ut» Pengane strakst.

Men slikt maatte alltid gaa svært stilt; Knoph vilde ikkje gjelde for Kunsthandlar.

Naar Agent Knoph hadde ruska til seg eit Bilæte for tjuge eller femtan eller tie Kronur, alt ettersom Kunstnaren var i Knipe til, so gjekk han til den eller den Grosseraren og sagde at han visste ein Kunstnar med godt Namn, som for den eller den Tings Skuld vilde selja eit Bilæte som kosta 100 eller 200 eller 400 Kronur, for 50 eller 80 eller 100 Kronur; so at her var eit svært godt Tilføre, um Herr Grosseraren hadde ein ledig Plass paa ein Vegg. Og so tenkte gjerne Herr Grosseraren som so, at naar ein kunde faa eit Stykkje Kunst for so billeg Pris, so kunde ein likso godt pynte upp Veggen med det som med noko anna.

Bjølsvik hadde so smaatt venta paa Fanden i denne Tid. Og no stod han der, smilande med alle sine svarte Rukker, blid som den rette Fanden naar han skal hente ei Futesjæl.

Bjølsvik var glad i Grunnen. Han hadde eit Bilæte som hadde vori hjaa Blomkvist, «Heiejæteren»; det var sett til 150 Kronur, og han meinte han skulde faa 25 Kronur for det av sjølve Fanden; dermed vilde han vera berga for denne Vìka; ja han vilde kunna betala 10 Kr. hjaa Skræddaren, og kannhende faa Kredit paa ei ny Jakke.

Agent Knoph forklaara at der ikkje var meir enn 20 Kronur aa faa. Bjølsvik var vond og tordna og banna; Fanden var blid og bukka og smilte; sistpaa tok han upp Lùmmeboki si og fingra fram fire flunkande nye Femkronesetlar. Dermed var Handelen avgjord.

Bjølsvik var glad likevel. Skræddaren fekk vente paa Fuskesætri; no hadde daa Bjølsvik til Livemaate nokre Dagar; dessutan kunde han – og det vilde han pinedØd! – hjelpe Constance med fire-fem Kronur, dersom ho trong um det.

VI.

Fyrste Kvelden Laurits var hjaa Ingeniør Dyring, fekk han lite Bruk for «Kvindens Underkuelse». Dei tala Politik.

Verst i den Vegen var ein Medisinar Kvaale, ein rar, 30 Aars Fyr med eit knokut skakt Andlit og Augo som ein Kinesar; fælt vitug Kar. I ein gneldrande sinna Tone, og paa Strilemaal visst, forklaara han for gamle Dyring um dei mange gode Ting som Parlamentarismen vilde føre med seg; serleg heldt han fram, at naar Statsraadane kom i Thinge, so vilde Byraakratie faa Banestøyten.

Det var elles ein som tvìla paa um me fekk Statsraadane i Thinge. Storthinge vedtok nok Lovi; men han han hadde høyrt gjeti at Kongen vilde negte Sanksjon denne Gongen og.

Gamle Dyring smilte. Negta Sanksjon for tridje Gongen? aa nei. «Aa neigu gjer han no vel ikkje da' nei!» gneldra Kvaale; det høyrdest som Sinne, men han lo.

Juristen Frigstad fortalde, at mange Høgremennar trudde paa eit absolut Veto i Grundlovsakir.

Gamle Dyring, ein kvithærd, høg Mann med eit sterkt Andlit, reiste seg i Stolen: dei Herrane skal vers'god lesa eit Dokument som heiter «Kongeriget Norges Grunnlov»; sa han. Og han var myrkeraud heilt uppi Haargarden.

Laurits hadde aldri fylgt med i Politik; han kjende seg svært utanfyri. Men i Kveld galdt det; og daa han hadde høyrt paa dei andre ei Stund, til dess han hadde Leidi, vaaga han seg i Veg med ein Stubb Historie som han tenkte kunde vera upplysande. Det gjekk godt. Sogustubben viste seg aa vera høveleg og kom til god Nytte.

Det var fyrste Gongen Laurits hadde havt Bruk for noko av det han hadde lært; han kjende seg heilt Kar. Sidan fann han fleire Ting aa segja; og daa dei kom inn paa Unionsspursmaale – «Kongen faar ikkje Lov av Svensken at sanksjonere», hadde ein sagt –, var det Laurits som greidde best ut i Emne, av di han kunde noko meir enn dei andre um Karl Johan.

No kjende Guten at han hadde vunni eit Rom; Dagmar sjølv saag ut til aa vera fornøgd med han. Han fekk eit Augnekast av henne som kveikte han upp som eit Glas god Vin.

Daa dei skulde gaa, bad Gamlen Laurits koma att so ofte han hadde Lyst; no ser De paa Lag korleis me hev det, sagde han. Dagmar hjelpte til: me er ofte fleire enn i Kveld, fortalde ho; og me disputerar og hev det hyggjelegt. Laurits sa at han trudde han kom til aa like seg her. Han saag paa Dagmar og var aalvorsam. Ho gav han Handi; den tok han vyrdsamt imot, som var det den hØgste Heilagdom. So bukka han, sagde Takk for i Kveld og gjekk.

– I Jolegaave Fekk Laurits Kruse ein ny Klædning av Fru Broch, og Hatt og Styvlar av Presten.

Han vart eit nytt Menneskje. At Jakka var eit Grand rom i Halsen gjorde inginting; Skreddaren berre flutte lite paa ein Knapp eller tvo og sa at det vilde jamne seg, naar Klædi fekk venja seg til Kroppen.

Laurits kjende seg som høgare i desse Klædi; han vart so fri og rask og elegant. Og fekk slik ein Sjølvvyrdnad. Ein tenkte finare, naar ein var fint klædd. Naar han sette den breide svarte Hatten lite paa Skakke, so kunde ein godt taka han for Kunstnar.

Aa, han var so sterk og so glad. Han skulde klara det utrulege. Bringa hans gjekk hØgt av Kraft og Mod; paa tri-fire Aar skulde han hava Eksamen med Glans; og ho var so ung, berre «sytten Skjærsommere gammel»; det kunde nok laga seg.

Han vilde velja seg eit Serfag, t. D. Latin. So skreiv han ei Prisavhandling eller ei Lærebok; og so vart han Rektor; ja kven veit: Professor? Professor L. B. Kruse; Fru Professorinne Dagmar Kruse … Hm! Naa; han raudna eit Grand; det var ikkje slikt, Dagmar gjekk etter.

Men han vilde arbeide seg upp i alle Maatar. Alt som var framme i Tidi vilde han setja seg inn i. Berre den Boki av Mill han hadde lesi no, den hadde kveikt so mange Tankar i han, at han tok til aa undrast paa, um ikkje vaar Tid kunde vera likso god aa lìva i som den Periklêiske.

Laurits Kruse tok i med ein Gong. Han gjorde seg upp ein Timetabel: so og so mange Timar um Dagen til Eksamensstræv, og so og so mange til Frilesning. Tvo halve Timar um Dagen til aa drive, kvile, i.

Denne Timetabellen kunde han ha livt etter og, dersom det ikkje hadde vori denne Helene.

Ho brydde seg ikkje um Timeplanen hans ho. Naar den viste paa Horats, kunde ho stelle det so at det vart ein Time med henne. Ikkje meir Vyrdnad hadde ho for andre Diktarar og Tenkjarar heller.

Han maatte sjaa aa koma ut or dette. Det var umògelegt. Han, som gjekk og drøymde um Dagmar –; dessutan lika han ikkje Helene lenger.

Ho heldt visst av han paa ein Maate; kannhende vart det ikkje lett aa koma ifraa henne. Det var ikkje fritt for at han kjende seg eit Grand Don Juan. Han fekk ein Mistanke um, at Kvinfolki lett vart glade i han, og at dei vilde elske han djupt, naar han fyrst hadde vunni deim. Han totte dei saag blidt paa han dei fleste.

Men Helene var ikkje lenger den ho hadde vori. Elska henne hadde han aldri, som sjølvsagt var; men ho hadde daa vori likare enn ho no var. I Grunnen hadde det heile skift for han den Gongen han kom etter at ho var sterk – naar ho vilde. Sidan hadde all Draum, all Hildring, all Innbillning vori burte; alt hadde vorti Kjøt. Og no vart det verre og verre. Det var som ho ikkje vyrde seg sjølv lenger; ho gjorde ikkje Motstand paa liksom dessmeir. Det var komi noko ubljugt yvi henne; noko ufint. Like til Klædi og Haare; fyrr hadde ho haldi seg godt i Lag; no kunde ho møte upp her som ei rein Lurve.

Og so alt det ho kunde segja, og tala um! Det skulde vera Moro; men det var anna enn det ofte. Som naar ho med sitt Lystige Gatetaussmil fortalde um Ting ho kunde ha set i Skogen paa ein Sundags Ettermiddag, eller um alt det som «vi Pikene» rødde um, naar «vi» var i Lag. Ho kunde sleppe seg so langt utyvi all kvinneleg Sømd, at han vart skamfull yvi det, jamvel han som var Herre.

Og endaa hadde ho som ei Magt med han. Han kunde setja seg fyri so fast han vilde, at no skulde det vera slutt; det nytta ikkje lenger enn ho vilde. Ho hadde ein Maate aa sjaa han i Augo paa –; stelte seg upp midt framfor han, rett upp og ned, med Armane verjelaust nedetter Sida, og lét so Augo leike, lystige, løynske, med Skalken lokkande i Augnekrokane; eller ho fekk fat i Handi hans og leika med den, mjukt, kjælande, liksom elektriserande; ho hadde alle Slags Knìp til aa «faa han blid»; og so fekk ho han blid; so blid at han gløymde all Ting.

Han vilde ikkje dette lenger. Han heldt det ikkje ut. Det var ikkje onnor Raad enn at han fekk flytja. Det vilde han gjerne og. Her gjekk han alltid med ei Kjenning av at han var under Uppsyn. Men det galdt aa finne paa noko rimelegt aa slaa i Morbror Broch, Pastoren –

– No forstod Helene, at alle Mannfolk var like. Og var ikkje Studentane verre enn andre, so var dei visst ikkje betre. Denne her saag no so snild ut. Men etter hin eine Gongen daa ho kannhende var lite kaut imot han, hadde han aldri vori som fyrr; og det saag ut til at ho ikkje skulde faa han blid att, kor mykje ho gjorde seg fyri. Det var fælt so lite som eit Mannfolk kunde tola likevel.

So vondt som ho hadde det her, so kunde han gjerne vera eit Grand hugleg imot henne. Men han berre ynskte henne til Bloksberg; det saag ho. Jamra ho aldri so lite for det som dei tvo kunde hava aa ottast fyri, vart han arg; «Sludder,» sa han, «je har jo sagt dej, at du ikke behØver aa være bange.» Men ho trudde ikkje han skulde væra fullt so trygg. Det hadde gjengi godt til dessa; og ho var sjølv modig sùmetidir; enn um ho var av deim som ikkje fekk Born! Gjeve Gud det var so vel. Men so vart ho ottefull att. Ho kunde kjenne eitkvart som kannhende var eit Merke; daa var det so det svimra for henne; ho misste Pusten. Det hadde nok ikkje vori langt fraa Uvìte mang ein Gong. Og so gjekk ho i Dagevis med liksom ein Krampeknute for Brjoste, sjuk og skjelvande, mest ør av Otte; den einaste Tanken som kunde lette eit Grand var den, at um gali skulde gaa, so hadde me daa Gudskjelov Akerselvi.

Eller ho slo seg vill. Tumla med Studenten meir enn maateleg; bar seg aat som eit Uting; for no kunde det ikkje bli stort verre enn det var. Og naar ho var eit Svin, so kunde ho likeso godt vera det til Gagns; det bar so til Helvites kor som var.

Men hadde ho ikkje anna aa ottast fyri, so hadde ho Husbondsfolke sitt. Ho hadde ikkje høyrt meir sidan hin Gongen innpaa Kantore; men det kom nok. Kandidaten var snild; han vart blid som ei Leike berre ein gav han ein Kopp Kaffi. Men Frua? Uff. Ikkje um ein sleit seg ihel for henne fekk ein anna enn sure Augo.

Stundom, naar Studenten hadde vori seint ute um Kvelden, kunde ho høyre Kandidaten spyrja Frua, um dei skulde tala til han. «Du vèt vi har Ansvar overfor Pastor Broch,» sa han. Daa tenkte Helene so mangt med seg; stundom lo ho, men stundom fekk ho Skjelte. –

– Daa Laurits næste Gongen steig inn hjaa Dyring, fin og studenterfjong, med lette Stig paa knirknye Styvlar, var han ein vakker Gut.

Men Mark Oliv var der i Kveld; og Laurits saag snart, at der han var, der raadde han Grunnen aaleine.

Det var Moro der Mark Oliv vanka, Laatt og Staak og Huse paa Ende; og likevel var Mark Oliv ein aalvorsam Mann. Ein Ideens Mann i Sanning var han, og ein Arbeidshest, som ikkje lika seg utan han var i Selen

Det var han daa og fraa Morgo til Kveld, ute og inne, paa Gata og paa Kantore. Han hadde hundrad Jarn i Elden, men agta deim alle; forkynnte «Orde» kor han kom, og var ikkje snar aa sleppe ifraa, men fekk Folk berre i Godlag

Han hadde eit nytt Evangelium i Kveld: Folk skulde lære seg til aa eta Skjeljar. Han hadde funni ut at Norig kunde vera eit rikt Land, og br- braudføde, ha! ha! ha! braudføde dùbbelt so mange Ibuarar (Mark Oliv tala Landsmaal, naar det skulde vera gildt), dersom berre Folk frametter Havstrendane vilde stelle seg som dei skulde med Skjeljane. Det var ei Nasjonalsak. Og Skjeljar var god Mat, fin Mat; Franskmennane aat Skjeljar i Haugevis; han hadde sjølv eti Skjeljar. Helga, Husfruva hans, skulde lære aa laga deim no; og so skulde dei Ærade Damur og Herrar, dersom dei vilde daa – og det vilde dei hoffentlich , for det var ei nasjonal Sak –, faa seg ein Seksa paa Skjeljar i hans ibuande men ikkje eigande Hus Tollbugata Nummer det og det. Skjeljar med Dram; ja, Vin vilde kannhende vera Basen

Og han nikka forsikrande med sitt haarfagre Hovud, likesom stemplande kvart Ord som Sanning; for der var ikkje Tvil i hans Liv. Men so datt Luggen ned i Augo for han; og han hadde eit jamt men faafengt Stræv med aa faa den i Lag att. Paa Toddyen smaka han ender og daa; og kom det eitkvart som han totte var Moro, so lo han, med denne lystige Laatten som tok alle med

«Vin?» sa Helga, Husfrua; «tenk paa Budgette, Gut!» Mark Oliv strauk upp Haare og var aalvorsam; mja –, sa han. Men so vart det til det, at ho fekk teka Pengar til Vin av «de til tilfældige og uforudseede Udgifterbevilgede Midler». «Dersom dei ikkje alt er opdrukne,» smilte Helga. Daa small det: ah!! ah! ah! ah! – og heile Lage lo med.

Men alle maatte lova aa koma i Skjeljeseksa; og naar dei hadde vori der, so skulde dei alle, dersom dei lika Maten – og det var god Mat, fin Mat, burtimot som Østers, Ostra! Ostra heitte det paa norskt; og alle lika vel Ostra? – so skulde dei lova aa forkynne det nye Evangelium kvar i sin Krinsill.

Etter Skjeljane kom Rosporten, som og var Nasjonalsak, og Skisporten, som var ei endaa større Nasjonalsak; daa han kom til Skeisesporten, fanga han ei Sjæl: Laurits Kruse meldte sig inn i Skeiseklubben. Men daa det kom til Maalsaki, so rauk det upp med eit Ordskifte som vart heller stridt.

Dagmar var ikkje stort med i Kveld. Ho hadde vori forkjøla og var ikkje fullfrisk enno. Men ho var yndefull. Det bleike Andlite innringa av Haare, som laag ramnsvart og rikt og i stilt Fall ned-yvi Akslir og Hals, gav henne noko lidande og veikt som rørde Laurits inderleg

Men so trygg som fyrre Kvelden kjende han seg ikkje

Ein Gong fann han henne stirande paa seg med granskande, aalvorsam Augnebragd, liksom ho spurde seg sjølv, kva ho skulde tru um han. Augo gleid burt daa han vardest deim. Men heile Kvelden etterpaa kjende han seg uroleg av dette.

Og so var det i Maalstriden. Han hadde utvikla historiskt og greidt, at det Bokmaale me no hadde, det var norskt minst likso mykje som det var danskt; og dei andre Damune, og Herrane so nære som Kvaale, Frigstad og Mark Oliv, var med paa dette. Men so kom Dagmar og slo lag med Maalmennane.

Han vart reint rar ved dette, Guten.

Inn-yvi til Byen – Dyring budde paa Thorvald Meyers Plass – hadde Laurits Fylgje med Kvaale og ein Johannessen. Desse tvo kom i Ordstrid um Dagmar; og den Tosken Johannessen sa: «ja hun er nu lidt affekteret allikevel!» Laurits kjende ein Styng gjenom Sjæli: affektera! Var ho affektera? Kvaale forsvara henne; gneldrande heldt han fram, at ho var ikkje «affektert», ho var berre «eiendommelig». Men Laurits hadde fengi Orde i seg; og djupt inn i Hugen hans sat det no som eit friskt Saar.

Kald og tom og leid av seg kom han heim paa Hybelen. Han heldt ikkje av henne; og det var so vondt. Det hadde vori heile hans liv, det no. Og ho heldt ikkje av honom heller. Aaleine og litin gjekk han i Seng; tung og hùglaus stod han upp att; og det var ikkje Mod i han paa mange Dagar. –

– Ein Kveld i Skùmingi kom Helene graatande inn; no skulde ho reise, sa ho.

Laurits vart som nòmin; Hjarta stansa i han; so gav det sig til aa slite og banke att, so han kjende reint vondt.

Men det var ikkje for det som dei tvo hadde havt ihop at Helene var burtvist, sa ho; det var for noko Tøys som ho var so uskyldig i som eit Barn. Ho hadde vori her ute paa Lofte i Dag og stelt med noko; so kom Kandidaten tuslande paa sine Filtsko og vilde inn paa Kvisten; men daa han saag henne, gav han seg i Drøs med henne og stod der ei Stund; i det same kom Frua upp Troppi.

Daa flaug den Tosken som galin og vilde gøyme seg! Aldri i Verdi hadde ho set noko so tullut. Dei hadde ikkje gjort noko vondt nokon av deim; og so flyr han og gøymer seg! Han kunde vita kva Frua daa vilde tru. Ja; daa ho so kom ned, vart ho uppsagd paa Flekken. Og daa ho vilde forsvara seg, sa berre Frua det: «jeg har ikke Brug for saa'nne Piker her; jeg har længe undres paa, hva du kunde ha saa mye paa Lofte aa gjøre. Bare se aa kom dej avste'; her er Lønna di til Flyttetid; for jeg vil ikke ha no Vrøvl etterpaa.» No fekk Helene reise daa; men Gud hjelpe henne so sant; fekk Folk vita dette, og Mor hennar, og Folk uppe i Bygdi, so var ho øydelagd. Og kor skulde ho faa ein skikkeleg Plass etter dette?

Ho stod og studde seg mot Kommoden og grét, so det hiksta i henne.

Laurits var glad likevel; det var daa ikkje han som hadde Skuldi. Ho gav upp kvar ho skulde halde seg no utetter, til ho fekk Plass. Ho visste um eit Kòt ho kunde faa leigt ein Stad; det kosta 6 kronur. Han maatte sjaa der upp; ho var so leid og sorgfull at ho gjerne kunde gjera ei Ulykke paa seg, dersom ho skulde vera plent aaleine. Og no torde ho ikkje sjaa noko Menneskje snart. Laurits lova godt; naar det bar til Stykke var det baade rart og leidt aa skiljast fraa henne. Dei stod eit Grand og heldt kvarandre i Hendane. So skýna han at ho venta ein Kyss; den gav han henne. Men det vilde liksom ikkje falle.

Ho gjekk.

Han sette seg til med Sofokles; det var etter Timeplanen. Rett som det var skvatt han upp, reint glad; han maatte kunne skaffe Helene Plass hjaa Georg Jonathan!

VII.

Georg Marius Ludvigsen Jonathan var, etter som Peter Tordenskjold visste aa fortelja, komin til Verdi paa den Maaten, at Høkerdotteri Johanne Ludvigsen av Kristianssand ein fin Kveld for treti Aar sidan hadde komi i Vegen for ein engelsk Orlogsmann.

Ho gjorde Havari; Engelskmannen drog sin Kos; Gjenta sat etter og grét. Ho hadde inginting aa halde seg til. Det einaste ho visste var, at Fyren skulde vera Kaptein, og at han hadde sagt seg aa heite Georg Jonathan.

Ho var yngste Dotteri etter rike Madam Ludvigsen; dei tvo andre hadde vorti gifte, den eine med Bokbindar Kruse, den andre med Kateket Broch. Maren Ludvigsen banna Dotter si og sende henne til Kristiania; der kom Guten. Han vart døypt Georg Marius Jonathan; til Etternamn skulde han brùka Morsnamne.

Eit Aar etter gifte Johanne Ludvigsen seg med ein Skipsførar Torstensen fraa Larvik. Daa tok Madam Ludvigsen Gutungen heim til seg og var so glad i han som han skulde vera komin til Verdi med rette Dokument. Og daa ho døydde, fekk han tri tusund Dalar etter henne.

Han studera Jus. Namne sitt stelte han paa, so han kom til aa heite Georg Ludvigsen Jonathan i Staden for Georg Jonathan Ludvigsen; for Angelsakse var han med Gud og Retten, og Angelsakse vilde han vera. Han skulde aldri gløyme Madam Torstensen, sa han, at ho hadde havt Vìt til aa gjeva han eit angelsaksisk Upphav.

Han tok Eksamen med Haud; det einaste han kunde var Statsøkonomi. So slo han seg paa Handelskunskap, brùka Helvti av Arven sin til ei Englandsferd, og kom paa Kantor hjaa Grosserar Storr, daa han var 26 Aar gamall. Tri Aar etter var han fyrste Korrespondent og Fyrstemann paa Kantore hjaa Storr.

Georg Jonathan var medels høg og godt vaksin, velstelt fraa Topp til Taa, strak, eit Grand stiv, med engelsk Svip i all Ting; han gjekk for aa vera tilgjord. Men Gjentelykke havde han havt, sa dei; og dei lagde til, at det var ein Ting som Georg Jonathan totte Mùn i.

Han hadde vori ihuga Idrottsmann fraa Barndomen av, og meinte dette hadde hjelpt han til aa «holde seg klar av Fruentimmer og den Sort Ting» heilt til han var atten Aar. Men daa var han og «komplet». Og so var det ikkje meir enn ein Ting aa gjera; Adam maatte finne si Eva, um han so skulde mana henne or Berge.

Gifte seg var det ikkje Spursmaal um. Han hadde gode tri Aar att til Rettsprøva; dessutan maatte ein vera galin, um ein vilde binde seg i den Alderen. Han trudde ikkje han vilde binde seg nokon Gong. Det var eit Spursmaal um eit intelligent Menneskje i det heile hadde Rett til aa binde seg. Kva var det for ein Slavehandlartanke: binde seg til eit anna Menneskje for Livstid? I alle upplyste Land var der ei Lov som sagde, at dersom det eine Menneskje gav eller selde seg til det andre, so skulde den Transaksjonen vera ugild; men Ægteskape var ein slik Transaksjon. Det gjekk ikkje for seg aa gjera Kontrakt um Kjenslur og Viljar, og det var Tull aa leggje Politiband paa ei Naturmagt.

Det var ei Gjente han hadde Hug paa, og det var Nina Grundt. Henne gjekk han eit halvt Aar og Fridde til; og ho var so vitug at han kunde tala med henne, ja tala med henne um Kjærleik. Han fekk henne til aa skýna, at Ægteskape ikkje var for Folk som deim; det var ein Skipnad som høvde for Elskhugen i dei Tidine daa Kvende vart burtbytte med Kyr, og ikkje skulde vera til anna enn til aa føde Mennane Sønir. No var Kjærleiken noko anna og meir personlegt; og Kvinna hadde sin menneskjelege Rett so vel som me; no maatte det finnast andre Maatar aa skipa Samlive paa, so Mann og Kvinne kunde elske kvarandre utan Avkort for deira Fridom og Vyrdnad.

Nina Grundt saag paa den unge Juristen med blanke Augo og sa, at ho aldri vilde gifte seg. Ein mild Augustkveld gjekk dei aaleine ned gjenom Parken; dei hadde vori i Selskap. Daa fekk han henne um Live, den staute bleike Møy. Og han drog henne inn til seg og kysste henne. Det kom saa braadt paa henne, og han heldt henne so fast og kysste so villt, at ho ikkje med det same kunde verja seg; men so reiv ho seg ifraa han og rømde. Han stod etter og skýna inginting; eit Par Vikur etter fekk han høyre at ho hadde trulova seg med ein Grosserar, ein diger, tettbygd, brutal Fyr som heitte Bøckmann, og at dei skulde gifte seg straks yvi Jol.

Daa strauk Georg henne ut or Bøkane sine. Og han skjemdest so yvi henne, at Elskhugen hans var som sløkt med ein Gong.

Sidan trudde ikkje Georg Jonathan paa intelligente Damur. Dei var for bundne, desse av the upper ten. Det var ikkje anna aa gjera enn aa finne seg ei Dotter av Folke. Dei var ikkje so upplærde, dei; hadde meir lòti lære aa tenkje sjølve; fann han ei som hadde Vit til aa forstaa han, daa skulde han lære henne upp, so ho vart Dame i Aand og Sanning.

Han fann ei Gjente av Folke.

Fru Widstrup, som han budde hjaa, hadde ein litin Kvist; den Kvisten stod tom for det meste; for der var kaldt um Vinteren, varmt um Sumaren og lite hyggjelegt i det heile. Men ein klinkande Frostdag i Januar flutte ei Gjente upp der; ho heitte Emilie og gjekk og lærde Motepynt. Daa Georg ei Stund etter vart kjend med henne, var ho so langt komi at ho skulde faa Plass. Den fekk ho og, strakst etter.

Ho hadde ingin aa lite paa utan seg sjølv. Og det var visst, at ho arbeidde. Ho stræva som ein Maur, fyrst heile Dagen paa Motehandelen, sidan heime hjaa seg sjølv fram-etter Natti.

Ho var roleg og klok. Stilt og vitugt tala ho um alle Ting og hadde eit Mod som Georg vart glad i. So og so var Verdi; det visste ho; og det kom aldri for henne anna enn at ein fekk vita aa stelle seg deretter. At Georg kom upp til henne stundom lika ho godt; so hadde ho daa ein aa tala med.

Det saag ut som ho visste med seg, at ingin kunde koma henne nærare enn ho sjølv vilde. Daa Georg tok til aa tala med henne um Kjærleik, vart ho korkje glad eller harm, ikkje raud dessmeir. Ho tok Emne upp til Dryfting.

Det var ikkje godt for ei Gjente som henne, sa ho, aa faa ein Mann som ein kunde vera tent med. Og kasta seg burt var vondt det og. Ho kunde ikkje ha noko imot aa ha ein Vén, som ho kunde stole paa; men Herrane var lite sætande. Rett som det var gjekk dei til andre; og um dei so kom att, kunde det vera Ugreidur. «Det var paa den Maaten Syster mi vart øydelagd,» sa Emilie; ho saag paa Georg med aalvorsame Augo.

Han forklaara kva det var han meinte og vilde; ho svara at dei sa vel nokorlunde det same alle; men ho skulde tenkje paa det, sa ho; og han saag for fyrste Gongen ein varmara Glimt i dei rolege Augo. «Jeg ser Dem an for aa vera en reel Herre,» lagde ho til.

Det var elles ikkje so reint vondt for henne no, so dersom han ikkje kunde lova aa vera snild og reel mot henne, so skulde han heller lata henne vera. Ho hadde daa Maten paa ei Vis; verre var det med Klædi. Dei andre der nede gjekk som Damur for det meste. Dei fekk nok ikkje det for ingenting; men det var vondt aa sjaa altfor simpel ut og. Ein visste mang ein Gong ikkje kva ein skulde gjera. Men ho skulde vel koma utav det. Naar ein kunde gjera alt sjølv, greidde ein seg utruleg. Difor skulde han tenkje paa, um han ikkje gjorde best i aa lata henne vera. Det var Gjentur nok. Han kunde snart finne ei som han lika betre enn henne.

Georg fekk god Tru til Gjenta; her var ikkje noko Tøv her. Han saag henne i Augo og sa: «Di skal stole paa mej, Emilie. Di kann tro mej paa mitt Ord: jeg mener Dem det godt.»

Daa raudna ho eit Grand; det var visst av Glede. Aa ja, ho vilde nok gjerne ha ein god Vén, sa ho, berre det var ein ho kunde lite paa; for det var meir stuslegt enn nokon vilde tru aa vera so reint aaleine. Ho hadde tidt tenkt at ho ikkje heldt det lengi ut; og naar ein ingin hadde aa halde seg til, kunde det snart gaa verre. Sant aa segja naadde ikkje ei Mark og seks um Dagen langt heller, og det um ein pinte for seg aldri so mykje.

Ei Mark og seks um Dagen? sette Georg i; han vart raud um Augo. «Er Di splitter pinende gal? Arbeider Di for et Menneske som gir Dem en Mark og seks om Dagen?»

Ja det var god Dagløn det, meinte Emilie; det var ingin som fekk meir, so av vanlegt Folk.

Det er det same som aa tvinge desse Gjentune til aa selja seg? sa Georg.

Aa nei; der er daa dej som lìver med det, svara Emilie. Men det er Kaffi og Smørbrød –.

Paa Kommoden, som var av maala Gran, stod det ei Lampe, ein Kaffimaskin, ein Kaffikopp og eit Syskrin, og uppaa Syskrine ein litin gul Fugl, som peip naar ein tok han i Halen. Den Fuglen treiv Georg og slengde han i Golve av all si Magt; gav seg so til aa murbanne. Emilie vart rædd; men strakst etter var Georg roleg att; han tok upp ein Dalar og gav henne. Det er for Fuglen, sa han.

Daa smilte Emilie, so ho vart ven. –

– Dei slo seg i Lag, desse.

Hans Meining var, at han vilde faa henne til aa forstaa seg so heilt ut, at naar dei ein Gong laut skiljast, skulde ho vera likso god som fyrr, berre so mykje meir framvaksi. Og daa skulde han hjelpe henne i Veg med ein Motehandel. Han vilde reint ut frelse denne Gjenta. Ho skulde ikkje skamslite eller skamsvelte seg, og ikkje kaste seg burt; ho skulde arbeide, men kjenne seg Menneskje. Og han vilde gjera det hyggjelegt for henne. Men der var ikkje Hyggje utan Kjærleik.

Det gjekk godt. Madam Widstrup skýna snart at ikkje alt var som det burde vera; men ho lét det skure. Emilie blømde upp og vart livlegare enn fyrr, og ven; og ho heldt av Georg meir enn han hadde tenkt ho kunde. Det han sa henne, forstod ho visst ikkje alt; men ho lova at det skulde koma seg etterkvart; han maatte hugse paa, at ho var eit faavist Kvindfolk og han lærd. Georg fann seg i det; men det var utrulegt so bundi som ho var i alle sine Tankar av aa ha vaksi upp i Armod.

Den andre Vinteren lagde han Merke til at ho tok seg fleire Fridagar enn fyrr, og at ho gjerne vilde sova um Morgonen. Og ho jamra meir og meir yvi at ho var i Trældom. Ein Dag ut paa Sumaren fortalde ho, at ho var forlova med ein Styrmann. Ho vilde ikkje gaa i alle sine Dagar og træle med denne Motehandelen; Georg fekk segja kva han vilde. Styrmannen var «rent gælen» etter henne, og ho visste at ho fekk det godt. Georg sa at ho fekk gjera som ho vilde. Ho gjorde so, og drog.

Langt ut paa Hausten same Aare møtte han henne paa Karl Johan ein Kveld; ho var svært fjong. Han slo Lag med henne og spurde kor det gjekk; ho svara at det gjekk godt, men nemde ikkje Styrmannen. Det var Grosserar Bøckmann som betala for henne; og han var so rik so. Held han av deg daa? spurde Georg. Pøh, svara ho, tala um det! Nei; han held nok ikkje av andre enn Kona si han; men den Stakkaren, Kona vil ikkje ha noko med han. Ha-ha-ha! Jau det er sant! Det er mange som er slike. –

So det skulde gaa denne Vegen med deg lel, Emilie, sagde Georg.

Ja det er di Skuld, svara ho; det var du som forførde meg. Men det skal vera gløymt; du var so snild mot meg so. Men naar eg fyrst var forførd, so; kvi skulde eg gaa og træle og slite for Gud og inginting, naar alle som kjende meg visste at eg var ei Hore likevel?

So det visste dei?

– Ja dei saag det paa meg vel. Eg var for godt klædd og saag for godt ut. Men eg skal vel finne meg ein Mann likevel til Slutt; det er ikkje so faarlegt. « Her borte bor jeg; kom og bli med opp vel!» – – Georg trudde ikkje paa dei folkelege heller lenger. Dei var bundne paa sin Maate, verre enn Damune paa sin.

Det beste vart vel aa leggje seg etter dei gifte. Dei var modigare dei, av di dei visste meir; og so hadde dei ikkje so mykje aa vaage. Den som var gift, ho var i Hamn.

Etter hin Kvelden i Parken hadde han ikkje set Nina oftare enn han nettupp var nøydd til for Folks Skuld. No dreiv han der upp nokre Gongir; og ho var heller fagrare enn fyrr, og berre Solskin.

Der uppe ein Gong saag han Julie Lindner; ho fylgde Fru Hauge paa eit Innstìg. Det var ein brun, rar Unge i Femtanaarsalderen; han lagde Merke til henne av di ho heile Tidi sat og saag paa han. Sistpaa kom han etter at Gjentungen var vakker.

Han fekk Hug til aa sjaa dette Barne vekse upp. Gud veit kva som kunde bu i henne. Og sidan gjekk han til Fru Hauge oftare enn til Nina Bøckmann.

Julie var fraa ein av Byane ut i Fjorden, Dotter av ein Hotelvert, ein Tysker. Denne hadde funni ut at Dotter hans skulde til Teatre; og so vart ho send til Kristiania daa ho var tolv Aar.

Ho kom til Fru Hauge, som ein Gong i sine unge Dagar hadde vori so langt paa Veg at ho skulde debutere. Men det var Madam Lindner som fekk Julie dit; for Madam Lindner kjende Fru Hauge.

Bertine Lindner, fødd Larsen, hadde vori paa Sigarbu i Kristiania. Og fru Hauge drakk snus; og Bertine kunde tegja; og so vart dei Venir, dei tvo. Den Venskapen skulde no prøvast.

Mad. Lindner vilde ikkje ha Dotter si til Teatre; det var ein utrygg Liveveg det, meinte ho; Julie skulde bli upplærd til Kone for ein Mann. Lindner maatte raade, det sagde seg sjølv; og ein kunde taka med so mykje Song og Plástik og Dans som det vart Tid til; helst Dans. Men naar Julie vart vaksi skulde ho vera so stelt, at ho kunde taka imot kva god Mann som baud seg, anten det no var ein som vilde hava ei Dame, eller det var ein som lagde mest Lag paa det huslege.

Dei tvo Damune kom til Lags; sidan vaks Julie upp hjaa Fru Hauge.

Men med Voksteren gjekk det smaatt: Julie heldt seg liti til ho var fjortan Aar paa Lag. Ho gjekk og valt millom Teaterfolk og langhærde Kunstnarar so brun og fornøgd og firkanta som ein liten Kvalp.

Ho var Solstraalen i Huse, sa Diktaren Oskar Bye. Maalaremne Bjølsvik kalla henne Kattungen sin. Ho hadde mange Namn; for dei heldt av henne.

Rett som det var gav ho seg til aa vekse, og det med slik Ihuge, at paa eit halvt Aars Tid kjende dei henne ikkje att.

Det var knapt nok ho kjende seg att sjølv heller. Ho vart so rar; ho skýna seg ikkje.

Ho hadde so mange Ridir. Stundom var ho urimeleg glad; hadde Hug til aa hoppe, spenne ut med Føtane, velte seg, fara paa Gata og slaast med Gutungar, ride som eit Mannfolk paa ein usadla Hest, eller um det berre var ned-yvi eit Tropperekkverk; og det var langtifraa alltid at ho styrde desse Lystine sine. Eller ho fekk det med Hug til aa skrike, skrike ende yvi seg, kneggje som ein Øyk, syngje Visur, helst slike som ho ikkje maatte syngje; dette siste vilde elles ikkje gaa noko godt; for ho misste so reint Maale. Men andre Tidir var ho leid av seg. Heile Verdi var henne imot; ho tolde knapt aa sjaa Folk. Daa kunde ho kjenne ei Letting i aa gaa og skjera Tenner og segja stygge, simple Ord som ho hadde høyrt paa Gata; eller det kom yvi henne ein Hug til aa slaa sund alt det ho saag, Glas og Flaskur og Lampekuplar og Speglar og Urtepottur og Blomekoppar, og til aa rive sund Blomane, og slaa sund Vindaugo, og hoppe ende ned paa Gata og so røme til Skogs, langt til Skogs, endelaust, endelaust langt. Bøkane som ho skulde lesa i var so keide, at det stod Tev av deim; og berre ho tenkte paa sine Skulemeistrar og Leremødrar, baud det henne imot so ho kunde skrike.

Og so alle dei keide Folk som kom til Fru Hauge, huh! Denne Oskar Bye som ho hadde lika godt fyrr, uff, so ulidande som han var med det bleike flate Andlite sitt og det store lurvute Kunstnarhaare. Var ho i sitt rette Ulag, gøymde ho seg berre ho høyrde Maale hans uti Gangen; isj, dette seine, pene rolege Maale med desse r'ane langt ned i Halsen: «god Maagh'en, kjæghe Fgue!» hu! og so denne lange tunne Halsen med den store Barkeknuten, som gjekk upp og ned som ein Mekanik for kvart Ord, han sa, helst naar han kom med desse fgygtelege r'ane. Nei, daa var Bjølsvik likare; men han kom ikkje her lenger, han. Aa nei; dei var ufysne alle. Alle Mannfolk var ufysne; Gud veit kva dei skulde vera til for.

Men naar ho var aaleine, tenkte ho paa dei like godt. Og det meir end ho fyrr hadde gjort.

Fru Hauge vart ho og svært leid av i denne Tidi. Den gamle Snuskjeringi fann paa so mykje Tull: so var det det , Julie ikkje maatte eta, og det , ho ikkje maatte drikke; og so maatte ho ikkje lesa den Boki og ikkje den Boki; og paa Teatre fekk ho helst gaa naar der vart spéla Barnestykke. Og so skulde Julie kvar Kveld sitja og høyre paa, at Fru Hauge las upp eit Stykke or Bibelen; og jamt og samt spurde ho etter, um «Barne mitt» hugsa aa lesa Kveldsbøni naar ho hadde lagt seg.

Det gjorde ho som vanleg; kvi skulde ho ikkje det? Men der var so mange andre Ting ho fekk aa tenkje paa no, og som var meir um-aa-gjera. No var ho strakst vaksi. Til Hausten skulde ho bli konfirmera. Og so? Naar ho var vaksi? Korleis vilde Verdi daa taka seg ut?

Det var so mange Ting ho ikkje visste. Ho torde ikkje spyrja etter heller; ikkje Nette dessmeir, torde ho spyrja. Ein Gong hadde ho spurt henne kor det gjekk til, at Folk som gifte seg fekk Born; men daa hadde Nette glott stygt paa henne. «Fy!» sa Nette, «saant maa pene Piker ikke spørre om.» Og Julie hadde set at det var Aalvor.

Og det var mykje anna. Friarer, som «gjorde Kur», og kva ein daa skulde gjera og segja; og so Festemaale. Ho vilde ikkje trulova seg, Julie; men likevel, ein maatte daa vita um det.

Den einaste ho fekk lite Greide av var Sofie, ein Kjenning fraa Skulen; for Sofie hadde lagt Merke til ymse Ting. Ho hadde havt ei Syster; og den Systeri hadde vori trulova med ein Student, og skulde ha gift seg um tri fire Aar eller so, men døyde fyrr det kom so langt; og so hadde Sofie lært eit og anna av nokre Romanar ho hadde funni. Soleis det, at Herrane, naar dei fridde, so lagde dei seg paa Kne, og at ein daa skulde segja: reis Dem, min Herre. Julie fekk etterkvart vita alt det, som Sofie visste; men det hjelpte ikkje stort; der vaks nye Spursmaal av kvar ny Kunskap. So fekk Julie fat i Romanane, ho og. Dei las Romanar ihop, dei tvo, og braut sine Hovud yvi mange Ting; men det dei kunde bry seg mest um aa vita torde dei ikkje tala um. Som t. D. det: naar ein Herre kysste ei Dame paa Munnen. Og so det: aa vera «Elskerinde» aat ein Mann. Det saag ut i Romanane som det skulde vera noko svÆrt rart og leidt det. Og der var so mykje. I ein Roman, «Gud raader» av Aleksander Dumas, var der endaa Tale um noko som heite «Brudenattens glødende Mysterier». Det lyddest forunderlegt, dette; dei gjekk med nedslegne Augo for kvarandre og var sprengfulle av Spursmaal; men det var nok slike Ting som pene Piker ikkje maatte spyrja um.

Mangt og mykje var aa høyre av vaksne Folk òg, som ikkje var godt aa faa Greide paa. Det var noko dei alltid berre tala innpaa; kva det var, det visste den søte Gud; men noko var det; det kunde ein sjaa utanpaa deim, helst paa Damune. Paa Gata hadde Julie høyrt Ord som ho ikkje torde nemne heime; ein Gong i sine Smaagjentedagar, daa ho i si store Tankeløyse hadde nemnt eit slikt Ord for Nette, gjekk denne beint til Fru Hauge med det; og so hadde Julie fengi Ris. Det var den einaste Gongen Julie hadde vori ute for slik Medferd; av den Grunnen hugsa ho Orde serskilt godt. Ho hugsa mange andre og, som ho var rædd ho skulde faa Ris for; ja mangt eit Ord gjekk ho og gøymde vel paa, av di ho trudde det var stygt, endaa det kannhende var rett uskyldigt. Men dei vaksne, dei visste det. Fru Hauge visste det; Mor og Far visste det; Nette visste det; kva kunde det vera som var so rart, at ingin maatte vita det fyrr ho var vaksi?

Naar ho var aaleine, helst um Kveldane etter ho hadde lagt seg, freista ho aa tenkje seg til kva det kunde vera. Med Hjarta bankande i sin unge Barm dikta ho ihop Roman etter Roman, og det var helst Bjølsvik, som var Friaren. Eller Oskar Bye. Stundom var det Bye fyrst; men naar ho kom eit Stykke uti, kasta ho honom og tok Bjølsvik i Staden. Friaren gjorde daa Kur til henne paa alle Maatar, sende Blomar og sa «Komplimenter», som i Bøkane; han var so hugtekin at han ikkje kunde lìva utan henne; men ho var kald og stolt. Endeleg, naar Bjølsvik, eller Bye, kom so langt at han laag paa sitt siste og skulde døy, forbarma ho seg. Ho steig inn i Sjukerome i siste Stundi, gav Bye, eller Bjølsvik, Handi, og bøygde seg ned-yvi han, helst ned-yvi Bjølsvik, som hadde fengi stort Skjegg, og lét han – ja, – lét han kysse seg paa Munnen.

Det maatte vera underlegt.

So vart han frisk; og so kom han ein Dag, i svart Kjole og kvitt Slips, med ein stor Blomekvast i Handi, og bad um aa faa tala med «Frøken Lindner». Ja; «Frøken Lindner» kom. So lagde han seg paa Kne og fridde, og so sa ho: reis dem, min Herre. Men so?

Ja so var det vel aa kysse kvarandre; og so gjekk dei i Selskap og fekk Gratulasjonar; og so var dei trulova.

Men so kom Bryllaupsdagen. Ho saag seg sjølv i kvit Kjole med langt, kvitt Slør og Krans; og ho var straalande. Alle sagde, at so fager Brud hadde dei aldri set. Og der var Graat og Glede og Middag med mange Skaaltalur; og Bjølsvik tala best av alle. Og der var Musik og der var Dans; og alle dei ho kjende kom og gratulera og gratulera; og ho kunde sjaa det paa deim at dei missunte henne.

Men so var det dei «glødende Mysterier». Uff; den som visste det. Dei kysste vel kvarandre svært, naar dei var komne so langt. Ein Ting som ho ikkje kunde faa inn i sitt Hovud, og som gjorde henne heit berre ho tenkte paa det, var, at det skulde lata seg gjera for ei ung Dame aa vera aaleine med ein ung Herre um Natti. Nei fy; det kunde ikkje vera so. Men det var so. «Endelig er vi alene!» stod der i Romanane. Aaleine! Um Natti! Kva kunde ikkje han finne paa? Um han no kom … og vilde liggje i same Sengi? Gjentungen kjende seg ikkje sjølv, der ho laag. Ho trøysta seg med, at ein gifte seg sjølvsagt ikkje med slike Herrar. Og so kunde ein skrike. Dersom det var ein Herre som var so skamlaus daa; men det vaaga dei vel aldri; ikkje naar det var Damur dei gifte seg med.

Eller um … eller um … um ein kunde vera so glad i ein Herre, at –. Ho hìtna yvi sin heile Kropp, som ho laag der aaleine i sine kvite Lakan.

Simple Folk, fælt simple Folk, um deim hadde ho nokre forunderlege Tankar. Kor ho hadde desse Tankane ifraa visste ho ikkje rett; ho hadde vel høyrt det. Stundom, naar ho hadde arbeidt seg trøytt og heit paa «Brudenattens Mysterier», kom ho til at tenkje paa dette som ho trudde um dei simple Folk. Det var noko som ikkje hadde det minste aa gjera med Kjærleik og slike høge Ting; men det kunde koma yvi henne med fæl Magt, taka henne gjenom Kroppen som ein Feber. Ho heldt seg for god til aa tenkje paa det, men tenkte paa det likevel; det var so rart. Det var ein forvilla, dyrisk Tanke som magtstal henne; drìvin burt paa ein Kant kom han att paa den andre, dukka upp i utrulege Samanheng, fyllte den unge Kroppen med ei Blanding av Vellyst og søt Skam; ho kjende seg urein: grov seg ned under Dyna og lét att Augo; dette vilde ho ikkje vita um sjølv. Stundom vart ho rædd; ho vart so rar av det; Gud Fader i Himlen maatte vita, kva det var for noko.

Ulagleg og ulidande kjende ho seg i alle Maatar; stygg vart ho, bleik og lang og langskankla som ein Gutunge; Lemine vilde kvar til sin Kant; Klædi hekk uppetter henne som Vaskety paa ei Stong; ho var visst sjuk; kannhende var det Tæring. Men naar den Tanken kom, daa vakna det i henne som ei Rædsle, som eit Skrik, at ho kunde ikkje døy; ho maatte gifte seg fyrst! Men til Vaarherre sa ho, at han kunde ikkje vilja taka henne no; for ho var so lite fyribudd, og ho kjende seg so syndig.

Ein Dag kom ho etter noko som reint vìtskræmde henne. Ho lagde seg sjuk; laag og skalv; det galdt visst Live, men Doktar –! Doktar vilde ho ikkje sjaa; den einaste var Mor; den som kunde faa tala med Mor; graatande spurde ho Fru Hauge um ikkje Mor kunde koma. Fru Hauge svara jau; tok elles til aa spyrja etter sjølv; snart hadde ho Greide paa alt og bad Julie slaa seg til Ro; dette var ikkje noko som Mor kunde gjera noko med. Kva det var daa? – Det var berre det, at Julie tok til aa naa upp mot dei vaksne Aari, svara Fru Hauge med ein Smil. Julie raudna; vart uroleg; kva det var, kva det var for Slag? – «Det er noko som er so laga,» svara Fru Hauge, «og som alle me Kvinfolk lyt dragast med.» Julie tagna. Aa, at her skulde vera so mykje ugreidt og gaatefullt … og stygt! –

– Det leid og det skreid; so kom Konfirmasjonen.

Den hjelpte for ei Stund. Det vart eit Staak og eit Stræv med aa bu seg til den; og det fyllte henne med nye Tankar og jaga dei vonde Draumane burt.

Det var helst Konfirmasjonskjolen som frelste henne. Daa ho etter lang Venting endeleg fekk den paa seg, og ho so gjekk for Spegilen, viste det seg at ho hadde fengi ein annan Skapnad.

Vaksin Skapnad. Sped og fin. Men med eit nytt og eit serskilt Ynde; reint vaksi saag ho ut!

Aksline var eit Grand smale, Mjødmine like eins. Men der var noko mjukare yvi det heile; og der var ei Tilemning til Barm, som ho smilte yvi, og raudna; det var so rart.

Ho var ikkje stygg; Gudskjelov. Me skulde sjaa um eit Aars Tid. Eller um eit Par Aar.

Og Kjolen sat godt. Den gjorde henne sterk; ho kjende seg ikkje syndig lenger. Og ho takka Vaarherre for alt.

Lovnaden um aa tru og vera gudeleg gav ho so varmt og ærlegt som ho kunde. Men det tinga ho seg, og det vilde nok Vaarherre finne rimelegt: ho maatte faa vera eit Verdensbarn til dess ho vart gift.

Etter den Tidi kom ho meir ut; Fru Hauge fekk henne med i Selskap her og der; og Julie lika seg. Ho saag so mange pene Herrar.

Kannhende tenkte ho vel mykje paa deim. Men kva anna skulde ein tenkje paa i Grunnen, so lengi ein ikkje visste kven ein skulde hava?

Millom deim ho tenkte mest paa var Georg Jonathan.

Aldri hadde ho set slikt: det var Lord Stanton fraa «Miss Marys Roman» livs livande. Den Lord Stanton som hadde vori ein hjartelaus Skarv.

Nettupp so hadde ho tenkt seg han. Eit bleikt rolegt Andlit med Gull-Lorgnet og smaae, velstelte Kinnskjegg; og myrkt Haar med Pomade i, og Skil i Nakken; og fine, smaae Hendar. Og so den rette, sterke Nasen som gjekk i eit med ein rett, sterk Skalle. Ho var rædd Fyren; det einaste huglege ved han var, at han saag godsleg ut naar han smilte. Men ho kjende paa seg, at kven ho elles kom til aa like, so vart det aldri Georg Jonathan.

Reint skræmd vart ho, daa han tok til aa gaa hjaa Fru Hauge. Ho gøymde seg helst naar han kom. Men alltid snikte ho seg inn att; og so stod ho eller sat i ei Kraa burt-med Glase og glytte paa han fraa Sida og hata han.

Den som kunde slaa han. Vinne paa han; faa han i Golve, so han laag der og bad um Naade som ein annan Syndar. Han saag ut, det Menneskje, som han aldri hadde bøygt seg, korkje for Gud eller Mann.

Han var so kald og klaar og ferdug. Inkje hadde han Vyrdnad fyri; inkje beit paa han. So taapne som dei var. Dersom dei berre vilde segja det til han, og det! Ho skulde nok ha Moro av aa vita kva han daa vilde svara.

Snart gjekk ho og antra med han for seg sjølv naar ho hadde ei Stund. Sùmt av det han sagde beit seg fast i henne og pinte henne; ho kunde ikkje faa det fraa seg.

Georg forstod snart, at han kunde vinne henne um han vilde.

Men det var som han fekk Tvilsmaal.

Ho var so truskyldig og ung. Gjekk ho med paa eit Samliv som han vilde hava det, so kunde det vera altfor mykje av den Grunnen at ho ikkje kjende Verdi.

Han kom ikkje so ofte til Fru Hauge som fyrr. Han var so veik og rar i denne Tidi; han kjende med Forundring at han hadde Samvit.

Men gjekk han der upp, so vart det Julie han tala mest med. Han slapp ikkje fraa henne; ho hadde so mykje aa spyrja um. Mest kvart Ord han hadde sagt hugsa ho og hadde tenkt paa. Det viste seg meir og meir: Julie Lindner var ei intelligent Dame.

Sistpaa gjekk dei Turar. Han saag at ho var glad i han, og han gav seg yvi. Herre Gud; kneip det, so kunde han gifte seg med henne. Fanden take alle Teoriar; Gjentungen var so søt og so frisk.

– Ja; ho heldt av han. Ordet «Kjære» kom so ofte att naar ho tala med han; oftare og oftere kom det att, med alltid kjælnare Klang, med varmare, mjukare, bljugare Klang; og denne glade varme Tonen hadde ho snart alltid, naar ho tala med Georg.

Og ho lo so lett. Lo av inginting; av mindre enn inginting. Det var ein litin sjæleglad, kjælin Laatt; kom som fraa ei altfor full Bringe.

Ikkje minst viste det sig i Augo, i smaae, braae Glimt som ikkje lét seg dylja, i blanke glade Glimt mest som Slengkyssar, eller som snare Smil. Sidan vart det sterkare. Dei livlege myrkebrune Augo slørde seg i Lengt; i Lengt og Tvil og saare Spursmaal. Og fraa Augnekrokane kom det stundom som or ein Taakeglans varme, djupe Glimt som kunde minne um Taarir.

Men so var ho leid mot han stundom. Heldt Lag med Oskar Bye, so den Armingen vart heilt ifraa seg; leika med kvensomhelst liksom det galdt um aa vise, at ho minst av alt i Verdi tenkte paa Georg Jonathan.

«Det gaar ikke,» sa denne; «jeg blir Idiot.» Han drog til England og var der ei god Stund.

Daa han kom att, fann han Julie fullt utvaksi og frisk og fager, – studerande Handelskunskap.

Daa trudde han mest han forstod henne.

– Giftetankane hadde han vunni yvi. Han «vilde henne ikkje so vondt». Ho var livfull og varm. Sterkt kunde ho elske; men um ho kunde elske lengi –. Var ho vìtug nok til aa «lìva som Menneskje», so vilde det vera ei Brot aa binde henne; var ho ikkje so vìtug – naah! han drog paa Oksli.

Paa ein Morgontur i Parken tala han Aalvor med henne. Han sagde kva han kunde bjode: trufast Kjærleik til Kjærleiken slokna; Ærlege Fraasegnir naar so langt leid. Han skulde gjera alt som stod i hans Magt til at ho alltid kunde lìva av sitt eigi Arbeid; Samlive deira maatte ikkje faa den minste Smak av Ægteskap eller Handel. Var ho daa vìtug, so ho ikkje innbilte seg at ho vart urein av ein naturleg Ting, so vilde ho, den Dagen dei maatte skiljast, vera den same som ho var no, berre meir framvaksi. Og so vilde ho ha vori sæl i den Tidi.

Og han sa henne kva ho vaaga, um so skulde gaa at Folk fekk vita um Samlive deira. Alt vaaga ho. Han stræva best han kunde med aa gjera henne dette klaart; inkje noko skulde vera usagt. Men Georg Jonathan var bleik.

Ho høyrde paa han eit Bìl, raud og varm, tungt og tett pustande. So lagde ho seg inn til han og sagde; «det er det samme, Georg. Lad os være Venner.»

VIII.

Endeleg hadde han funni ei Dame. Ei Kvinne som var vìtug og fri.

Ho visste kva ho gjorde; og ho vilde det. So lite brydde ho seg um Folk og Fyriskriftir, at det stundom var han som laut minne um, at dei ikkje hadde Politibrev.

Han var stolt av Kjærasten sin. Mot henne var dei Halvdamur alle. Det var dei som kunde tala fritt; det var kannhende ei eller eit Par som hadde gjort seg frie i sine Tankar; men i Samvite var dei rædde og bundne alle; det høgste dei kunde drive det til var aa lata seg forføre. So hadde dei daa ein aa skulde paa, um det kneip. Dei trudde dei forsvara seg, dei Armodsting, naar dei sagde at dei hadde synda mot sin Vilje, liksom Slusken naar han stod for Politie, orsaka seg med at han hadde vori full.

Men det skulde vise seg, at ei Kvinne kunde klara eit fritt menneskjelegt Samliv likso godt som ein Mann; og daa skulde ein kunna vera gift og fri samstundes, – det einaste vìtuge Folk kunde vera med paa.

Han brann av Elsk til henne gjenom heile seg; han hadde funni den han kunde tala med,– «Eva den naturfødde». Ho var so «mandelbrunt frisk»; «varm som ein vill Fugl»; «søt og solbrend». Ho var som ho skulde koma fraa Skog og Eng. Ja ho hadde Fregnur; rundt Augo sat dei, ørsmaae og droplande runde, liksom stungne inn i den fine Hudi av Solstraalar.

Heile denne unge Kroppen var Liv og Eld; heile denne Sjæli Elskhug. So fullt og varmt gav ho seg, at Georg, Angelsaksen, svimra burt og vart eitt med henne; gjekk upp i henne; gløymde seg sjølv; det var forunderlegt; det var Pantheisme. Han hadde ikkje visst fyrr, kva det var aa bli tekin heilt og gjeva seg heilt. No visste han det. Og forstod, at den som visste det, han hadde lìvt Live. –

– Men alt det dei hadde ihop maatte dei løyne og dylja, liksom det skulde vera noko stygt.

I Fyrstningi fylgdest dei ute som fyrr; Georg meinte det var det tryggaste. Men det var ikkje lengi fyrr Julie merka at Folk tok til aa glo etter deim; so maatte dei meir og meir stengje seg inne; det var ikkje verdt aa «friste Fanden», meinte Georg. Ei stor Hjelp var det at dei hadde «Mylady», Baaten hans. Med den laag dei og siglde utetter Fjorden Kveldar og Sundagar naar Vêre var godt; og dei gjekk i Land paa Holmar og Nes og gjorde upp Eld; der drakk dei Kaffi og annan varm Drykk, og kjende seg frie og «hadde det som Folk»; men trygge var dei sistpaa ikkje her heller.

Det var eit Tukthus dei livde i; vilde ein vera fri, maatte ein røme. Naar rett var, skulde dei lata «Mylady» stikke til Havs. So skar «Mylady» Sjøen i kvasse Tak heilt til dei naadde Øyane ved Neapel, der Soli steikte og Live var lett; daa skulde dei ikkje so mykje som hugse lenger, at det fanst myrke Heimar lang mot Nord, skoddesure Nivlheimar, der kvar Mann gjekk og øydelagde Live for seg sjølv, so andre ikkje heller skulde faa lìva.

Men dei stakk ikkje til Havs. Dei laut vera heime og arbeide.

Ho skulde vera sjølvstendig, liksom han var sjølvstendig. Det var det som skjemde ut dei fleste Samliv, at for Kvinna skulde Ægteskape mest alltid vera Næringsveg.

Ho høyrde paa hans Visdom med heilag Tru; det han sagde var so klaart at alle maatte forstaa det. Det kunde ikkje vara lengi fyrr me fekk sjaa den nye Verdi han spaadde um, denne underlege Verdi, daa alle skulde arbeide og vera like, so ingin fekk Raad til aa kaupe den andre, og ingin hadde Naud paa aa selja seg. Og alle skulde ha Upplysning, so dei visste at Kjærleik høyrde med til Live so vel som Mat, og at Kjærleiken hadde si rette Tid i dei Aari som no vart burtøydde i Sedløyse og Sut, av di Folk ikkje hadde Raad til aa gifte seg. –

– Det var ikkje lett aa finne eit Rom til Julie som var som dei vilde ha det. Sistpaa fann Georg eit noko-so-nær laglegt Rom hjaa gamle Madam Widstrup, som budde i Møllergata.

Han kjende Madam Widstrup. Ho var ei snild Kjering, ymist røynd; og ho hadde lært den Ting aa ikkje bry seg for mykje um andre.

Ho var vestlandsk og hadde vori gift med ein Danske, Fullmegtig i ein Bokhandel. Det var ikkje berre Rosur ho hadde dansa paa; og so hadde ho lært seg til aa tenkje. No var ho komi so vidt i Daning, at ho ikkje las «Morgenposten» lenger, men «Aftenposten».

Hjaa henne kom Julie til aa trivast. Madam Widstrup forstod kor det var med henne; og Julie hadde ein Tanke um det; men Madam Widstrup ikkje so mykje som blunka med Augo, og daa gjorde det ikkje noko vidare.

Mad. Widstrup hadde set mangt gaa for seg i denne Verdi; ho kvakk ikkje so lett lenger no. At Smaafolk leid Urett visste ho; og at dei daa berga seg som dei kunde fann ho rimelegt. Det var leidt for ei Gjente aa lìva uvigd med ein Gut; men Vaarherre som saag, at det ikkje alltid kunde falle so laglegt for ungt Folk aa gifte seg – det visste ho kannhende um sjølv –, han vilde lettare tilgjeva det enn so mykje anna han laut sjaa paa.

Julie forstod at Kjeringi var snild; ho søkte Lag med henne og fekk det.

Ho hadde snart ikkje andre. Fru Hauge torde ho ikkje sjaa; alle ho hadde kjent fyrr var ho rædd; ho tenkte dei maatte hava Mistankar. Ho kunde ikkje vera «vìtug» saman med deim; ho vart skamfull; det ho hadde gjort vart fælt, og ho sjølv kjende seg urein og laak av det. Og so den Tanken, at det aldri kunde gjerast um att. At ho aldri kunde koma jamgod i deira Lag meir; alltid, alltid skulde ho vera utanfor, naar dei tala um sine Folk. Det var ein Ting som skulde kunna hjelpe; det var aa gifte seg. Men ikkje det heller vilde vera for henne som for deim. Det vilde vera utan Helg og utan Høgtid; det vil vera som aa lappe ihop eit sprukki Fat.

Slike uvìtuge Tankar tolde ho ikkje; ho gøymde seg. Dei saag henne ikkje meir; ho «hadde so mykje aa gjera». Der vart Undring og eit Grand Røding; men Julie slo Lag med Madam Widstrup.

Um Kveldane, naar Georg maatte vera ute, i Selskap eller i Møte, sat dei saman desse tvo, og spéla Svarteper og Hundradogein og rødde um laust og fast, og ofte um Ting som den gamle visste og som den unge laut lære.

Det dreiv Tidi. Men det vart alltid jammerleg lengi fyrr Georg kom.

Det var vondt aa vera so mykje ifraa kvarandre. Dei heldt saman det beste dei kunde; men mykje av Tidi gjekk burt i Saknad og Lengt.

Verst var det naar han var i Selskap. Der skulde ho sitja heile Kvelden og spéla Svarteper og høyre paa Madam Widstrup, naar han fekk danse og hava det gildt. Og so tenkte ho paa alle dei unge Damune han kunde koma ut fyri, og visste, at no fylgde han den heim eller den heim; – ofte rømde ho upp til seg sjølv og stengde seg inne. Vart han sein, kunde han finne henne graatande i Sofaen, eller sinna; daa vart han kald um Augo stundom; spurde um ho ikkje hadde Tillit til han lenger. –

– Fyrst fekk ho Plass i ein Kolonialvarehandel; ho sat i Krambudi og var Kasserar. Sidan høvde det seg so, at han fekk henne inn hjaa Grosserar Storr.

Denne vilde ha Damur paa Kantore sitt, fordi dei var trugnare til aa arbeide enn Herrar, og fordi dei var billegare, daa dei ikkje hadde so mange Uvanar. Dessutan skulde dei ikkje hava det aa segja, at Samfunde var stengt for deim; med rimelegt Fridomsstræv skulde me døyve det galne. Han lika alt, som Georg fortalde um Julie. Ho maatte vera «et energisk Fruentimmer», naar ho hadde funni paa aa gaa Arbeidsvegen av seg sjølv i ein so ung Alder; og at Far hennar hadde arbeidt seg upp fraa Pipeblaasar i ein umreisande Hornsekstett til Eigar av eit Hotel, viste at der var «Race» i Ætti. Men daa Georg sagde, at Frøken Lindner var Kjærasten hans, snudde Storr seg i Stolen og stirde.

«Di-Di-Di … Di vil da vel ikke gifte Dem endnu, Jonathan?»

Georg bukka. «Det er et fritt Ægteskab, Herr Principal.»

«Aa Fanden.»

Endre Storr spratt upp og gjekk att og fram; han var mager og seig som ein Yankee. So stansa han upp midt framfor Georg og hardstirde. «Det-det-det … Di skulde ikke ha sagt det,» sa han.

«Dem vilde jeg nØdig føre bag Lyset,» svara Georg.

«Hm.» Storr tok til aa gaa att; han saag raadlaus og uroleg ut. «Hm! Hadde Di enda vært gift! saa kunde Di havt so mange Mætresser Di vilde, for Fanden! – Hm. – Vét noen om dette her?»

«Nei.»

Grosseraren vart rolegare. Han murra noko um at det alltid var likare dette enn aa gifte seg for tidleg; og rett som det var saag det ut til at han hadde funni ein Utveg.

«Jah!» sette han i; «hva vedkommer egentlig dette mej?» Han kom tett burt til Georg og stirde so hardt paa han med sine sjøgrøne Augo, at det knapt var til aa herde. «Je vét ikke noe om dette, je,» sa han. «Ikke et Kny vét jeg! Forstaar Di? Jeg har ikke Anelse –! Husk paa det. Jeg gjør Dem ansvarlig, ansvarlig – ja Di forstaar? Ja. Di skjønner vi ska ikke – vi ska ikke – nei; vi ska ikke ha Historier.»

Georg bukka. Og Julie Lindner fekk Posten.

Det vart Undring i Kantore daa ho kom; so ung og ven som ho var skulde ho ikkje ha noko her aa gjera. Dei gissa paa likt og ulikt; lange Frøken Johnsen sa at ho visste nok kva ho tenkte. Men det var ingin som spurde henne um det.

Der var ein ung fjong Volontør; han var modig og meinte at det kunde løne seg aa gjera Kur til «denne SØtungen». Men han vart burtvist med Ro. Daa var det som Julie vann Tiltru i Kantore. Sjølve Frøken Johnsen vart snild mot henne; ho gav henne Kjælenamne Lili og freista gjera seg kjend.

Men Julie torde ikkje bli for kjend med deim; dei kunde so lett koma etter at ho hadde sine eigne Vegar og Vandringar.

Elles saag alt ut til aa kunna gaa godt. Men so var det Carl Petersen, Kantorsjefen.

Carl Petersen var ein Mann paa 36 Aar, ein firkanta snild Stavangergut, med blaae Augo og eit gildt, ljost Munnskjegg, kry baade av Augo og av Skjegge. Men det var faarlegt aa vera ven; det visste han. Det var desse «Tausene», maa-tru. Dei forsaag seg so lett paa eit Par vakre Augo, eller paa eit gildt Skjegg; lagde dei so sine Garn ut, kunde ein snart vera fanga. For Carl Petersen var ikkje meir enn eit Menneskje han heller. Men no vilde ikkje Carl Petersen selja seg for godt Kaup. Naar han gifte seg, skulde det vera med ei Dame etter hans Hovud; det skulde vera ei som det var verdt aa gifte seg med, og ei med ein rimeleg Kapital,

Han vart svært rædd Julie Lindner.

Slike livfulle Augo spaadde heitt Blod, og den friske Munnen med liksom ein halvløynd Smil yvi seg var ikkje for Katten. Kom han ut for henne, so trudde han knapt han greidde seg. Det var Folk som sa at ho hadde ein Arv i vente; men det skulde dei ikkje koma til Carl Petersen med; ho hadde ikkje sìti her daa og ført inn Mjøl-Rekningar. Fraa ein Kjenning fekk han dessutan vita at Far hennar drakk; og so gjekk snart det i Rennesteinen som han kunde eige.

Carl Petersen heldt seg so langt fraa Julie Lindner som Raad var.

Men so fekk han ein Mistanke um, at det ikkje var honom ho angla efter. Snarare var det denne rare og vigtige Fyren, denn «Jonathan», som Carl Petersen aldri hadde kunna med, og som gjekk her og var halv Frifant, av di han var juridisk Kandidat og kjend med Sjefen.

Strakst etter fekk Carl Petersen ein Mistanke um, at same Herr Jonathan kannhende var meir kjend med Frøken Lindner enn han ved vilde vera.

Sidan hadde Carl Petersen eit Auga med dei tvo. Han trudde deim ikkje lenger enn han saag deim. Han hadde lagt Merke til, at dei kviskra til kvarandre ein Kveld; det var altfor mistenkjelegt. Nokon Uorden paa Kantore vilde han ikkje vita av; var det noko slikt, skulde Sjefen faa vita det med same.

Han gjekk so vidt, at paa myrke Kveldar, naar han kunde vera trygg for sin eigin Part, stod han i lange Stundir utanfor Mad. Widstrup og lurde paa, um Julie kannhende fekk Gjestir. Men han vart like vis. Han saag Folk som gjekk ut og inn; men han kunde aldri faa Gaat paa Georg Jonathan,

Men som Tidi gjekk, vert det ei Kviskring og ei Øygning paa Kantore, so Georg skýna at det maatte finnast paa Raad.

Han tala med Onkel Jensen um det; denne sa med sitt slørde og milde Maal: «Vi faar la' Frøken Johnsen løpe om og fortælle, at dere er hemmeli forlovet.» Dei gjorde so, og Kantore vart rolegt. –

Men etter den Tid vart Georg ikkje so søkt i Selskapslive som han hadde vori. Alle unge Damur drog seg ifraa han; sjølve Nina Bøckmann vart kald for ei Stund.

Carl Petersen kunde ikkje halde ut med Georg i Lengdi. Daa der vart ein Post ledig for ein Reisande, tok han den.

Ei Stund etter fekk Julie Friarbrev fraa Carl Petersen. Han kunde ikkje lìva utan henne, skreiv han, og han trudde ikkje paa Folkesnakk. Ho svara nei. Eit halvt Aars Tid etter kom han med eit nytt Brev. Han fekk same Svare, men i linnare Ord; i Grunnen kunde ho ikkje vinne noko med aa hava han til Uvén.–

– Ho kom til Georg i Munkedamsvegen ein Martskveld noko tidleg; ho hadde havt sine Mistankar um, at det kanskje ikkje var Laurits Kruse han skulde «drikke Toddy» med.

Men Gudskjelov; gjenom Døri, som gjekk beint fraa Troppegongen og innpaa «Kontoret» hans, høyrde ho, at Kvende var det daa ikkje.

Ho gjekk inn i Soverome og sette seg til aa vente.

«Hvem kan det være?» spurde Laurits; han høyrde det gjekk.

«Formodentlig min Frue,» svara Georg.

«Lykkelige Mann!» Laurits lyfte Glase: «hendes Skaal!» Han var eit Grand drukkin; hadde vori Diplomat i Kveld og gjort det godt; no var han glad, og saag snart Botnen paa det andre Glase.

Din Lurifas, tok han i att, «Frue»! Den som visste kven det var! Er ho vakker? Ja det segjer seg sjølv. Naa; eg misunner deg henne eg, din Lurifas!

«Hm,» sa Georg.

Ja, eg misunner deg, sa Laurits aalvorsamt. Det er saa faae i Verdi som er aa lite paa; dei kann sjaa ut som Guds Englar, og naar det kjem til Stykke so er det Affektasjon og Usanning alt ihop. Men du, du hev ei som er di, du, ei som du kjenner og trur!

Georg sat og glodde uppi Take. «Hold dej til dine Sypiger du,» sa han. «Det er vanskeligt med disse frie Fruerne; Pigebarna vore duer ikke stort til slikt; og saa blir man saa bunden.» «Bunden?» spurde Laurits. Ja-ja, sa Georg og reiste seg: det forstend du ikkje; men –. Naa! Skaal, du Son av ein Bokbindar!

– Aa, du vil eg skal gaa.

– Ja.

Laurits lo og drakk ut Glase. –

– Daa han kom ut i den snøsvale Lufti kjende han seg glad og tenkte paa aa gaa til Helene. Han visste han vilde vera velkomin; og so hadde han tinga henne Plass i Kveld; det vilde ho like aa høyre. Men nei; so vilde han ikkje. Det var for seint no; og han hadde so mykje aa tenkje paa. Kunde det vera sant, at ho, den einaste, den reinaste, at ho var affektera. –

– Det fyrste Georg fortalde «Frua» si var, at no hadde han «abonnert paa ny Pige».

Du skifter visst for tidt, sa Julie. Det kann sjaa rart ut, det og. Hav dei lite lenger; dei skal ikkje so lett faa Greide paa meg.

Ho lagde til noko snøgt: dessutan kunde eg skife Namn! Du kunde kalle meg – f. Eks. Emilie.

Nei, ikkje Emilie, sa Georg rolegt. Du veit eg hev havt ei Emilie fyrr.

Ja – dersom du ikkje hev havt fleire?

– Nei, svara Georg roleg.

– Eller du kunde kalle meg Nina? heldt Julie fram.

– Naa!

– Dei talar enno om deg og Nina.

– Kven.

– Alle Folk.

– Alle Folk er Idiotar.

– Aa nei vel? Elles er det Frøken Johnsen, som –

– Aa naa. Er det meir?

– Ja … du kunde kalle meg Eline og; – det er den siste! Julie slog Augo upp; dei var innharme.

– Eline Henning?

– Ja. Ho som du gjorde Kur til hjaa Redaktør Klem sist, men – utan Nytte segjer dei –?

– Ja. Ho er av Is. Noko aa drikke kannhende?

Han sette fram Flaske og Glas. Julie saag ut som ho vilde graate. Nei det er nok du, som er av Is, sa ho.

Han sette seg upptil henne i Sofaen. No skal me vera intelligente, Julie, sa han. Lat Frøken Johnsen fara med Snakk; ho hev ikkje anna aa gjera. Me som er gifte skal tala um vigtigare Ting, t. D. um vaare Gjentesorgir; er det ikkje slikt, gifte Folk talar um?

Ho tagde.

Du segjer eg skifter for tidt, heldt han fram. Kva skal eg gjera? Der er noko i Vegen med deim alle. Den eg no hev driv det med aa sova. Kor eg kjem, og naar eg kjem, so sit ho og søv. Eller ligg og søv; eller stend og søv; ho søv paa alle Maatar og i alle Høve; ho kunde taka Eksamen i det; ho er Spesialist. Fy for Satan; det er so ein ærleg Mann kunde gifte seg! Det er nok sant at Mand og Kvinne treng kvarandre. Kvinna maa gifte seg av di ho ikkje kann tena Maten, og Mannen maa gifte seg av di han ikkje kann koke Maten; so sèl den eine seg for Maten og den andre for Kokingi; og naar det kjem til Stykke, so kann dei ikkje koke nokon av deim.

Ho drog paa Smilen, men tagde.

Han heldt fram. I huslege Spursmaal vilde han fylgje hennar Raadir so lengi han kunde. Dersom Laurits hadde sagt sant, so var den nye Gjenta høveleg stygg og høveleg gamal, stal eit Minimum, og tagde som ein Fisk. Og so hadde ho eit svært gagnlegt Lyte. Ho var jaga fraa Plassen sin, av di ho ikkje hadde vori streng nok mot Mannen i Huse; – den store teologiske Slasken Braut, han var etter henne; han; Heh. Dei Ægtemennane. Trur du dei er aa lite paa, um dei gjeng med kvitt Slips? Dersom du gifter deg, Julie, so gift deg med ein Mann som hev misst Tennane. – Men som sagt: forstend Gjenta at eg hev Greide paa henne i Præteritum, so vert ho so blind som ein Vegg, naar det er noko ho ikkje skal sjaa. Er det godt, hm?

Ho er vel ikkje so stygg, naar ho er ute for gifte Mennar, mulla Julie.

Ikkje so stygg som Frøken Johnsen, meinte Georg; men mot deg ser ho ut som ein Graaspurvunge.

Han kysste henne. Ho smilte og gav han Kyssen att. Fortèl um ditt snilde Systkenbarn Laurits, sa ho. Hev du spurt han ut no?

Ja; i Kveld. Det er ei Syjomfru han hev fengi Tak i; han fann henne paa Gata ein Haustkveld etter ein Toddy. Det er ikkje meir! Men dette hev vesle Laurits gøymt paa heile Vinteren som ein stor Heilagdom. Dersom han ikkje hev skjemst av det daa; for han er bljug som ei gamal Jomfru.

Julie spurde um Laurits hadde vori glad i Sygjenta si.

Eit Grand i Fyrstningi; men no var det slutt.

Skal ho gaa etter der aaleine daa? spurde Julie.

– Ei Sygjente aaleine? Nei du.

– Det maa vera vondt likevel. Naar ein gjeng fraa den eine til den andre og ingin hev aa forlata seg paa.

– Ja det er sant. Men han vart leid av henne; Sogo er ikkje lenger.

Julie studde Aalbogane paa Borde og Andlite mot Hendane. Ho saag svært fortenkt ut.

So kasta ho seg inn til Georg, hengde seg um Halsen hans med all sin mjuke Varme; og ho kysste og kviskra og bad: «du skal holde av mig altid, Georg, altid; lov mig det! Lov mig det, Georg; vil du ikke? Gjør det. Lov mig det. Hvorfor vil du ikke love mig det? Saa skal jeg holde saa forfærdelig av dig igjen. Gjør det, Georg.»

«Gjerne det,» sa Georg i ein lett Tone. «Jeg lover og sværger –.»

Nei, nei, nei, bad ho. Ho forstod kva han meinte. Men ho kviskra noko um at det ein lova ærlegt, det trudde ho ein kunde halde

Eg skal lova deg ærleg, at eg aldri vil faa graatt Haar, svara han. Vert Haaret graatt likevel, kann eg sverte det. Vil du det?

Ho svara ikkje, berre smaasutra.

Han tok henne i Handi.

Den Gongen me slo Lag, sagde han, daa kravde du ingin Lovnad av meg. Du skulde nok halde meg fast, meinte du. Hugsar du det?

Ho svara, at den Gongen var ho so ung. Ho tenkte so lett og so stutt; ho forstod ikkje lenger at ho hadde kunna vera slik. Men naar ho tenkte paa at han kunde gaa fraa henne naar som helst, og ho so skulde gaa der og vera aaleine –; ja ho meinte at dersom ho kunde faa eit visst og fast Ord av han, so vilde ho vera tryggare. Ja, ho vilde det. Han skulde ikkje vera vond; han skulde vera snild mot henne; ho kunde ikkje hjelpe at ho var slik.

Skal eg skrive det med blod? spurde Georg Jonathan.

Ja men du maa tru meg! tok ho i, halvgraatande; det er ikkje godt aa gaa soleis som eg gjeng, snikje meg til aa vera saman med deg, liksom eg var eit simpelt Menneskje; eg kann innbille meg alt det eg vil, so gjeng eg som ein Syndar likevel, rædd kvart Menneskje eg ser, at dei skal vita um det. Dei eg hadde Selskap med fyrr torer eg ikkje sjaa; og du er ute jamt; og eg maa halde Lag med andre. Du trur det er likso lett for meg som for deg, du; men det er ikkje det! Og so attpaa hava det aa tenkje paa, at ein ikkje hev det minste aa halde seg til; ein god Dag gjeng du; so hev eg misst alle mine Venir og hev ingen att. Du skal ikkje undrast paa meg, Georg; du maa ikkje; høyrer du?

Georg tagde ei Stund; han saag myrk ut. So sagde han: alt det du segjer og meir til hev eg sagt deg fyrr, Julie.

Daa tok graaten henne. Ja men kjære! du maa daa forstaa –! eg visste ikkje –! eg forstod ikkje –! jamra ho. Eg var … so ung; eg var … eg tenkte … eg tenkte berre paa deg. Det var … underlegt av deg, at du … ikkje … forstod det.

Daa han ikkje svara vart ho rædd; ho svelgde Graaten med fast Vilje. Du skal ikkje vera vond, bad ho; du maa ikkje vera vond; eg er visst ikkje so intelligent som du trudde; men eg er … ja eg er rædd, Georg.

Han tok henne inn til seg. Det er sant alt det du segjer, sa han; eg veit det; eg sa deg det fyrr. Men du skal ikkje vera rædd. Gjeng eg fraa deg, so er ikkje du verre farin enn eg vil vera, um du gjeng fraa meg.

Jau … Mistankane, Mistrui, jamra ho.

Naar du finn ein intelligent Mann –! meinte han.

Der er ingin Mann, som er so intelligent. Fær han høyre at ei Dame hev … havt noko slikt med ein annan –; dei toler det ikkje, det veit du.

Eg vilde tola det, sagde han. So sant som eg heldt av deg.

Det svara ho ikkje paa.

Kjære, ver modig! bad han. Lat os vera modige, Julie! Det vilde vera vondt, um me svikta. Eg ser paa Flokken av deim som gifter seg; fyrst narrar dei kvarandre med Draumar og store Ord: dei skal elske æveleg, dei skal – aa! – og naar Draumen brest, so gjeng dei sidan og piner Live av kvarandre med Skuldingar og Klagemaal; so er det spillt Liv; og so er dei svikne, og kva det er alt. Kvi skal me vera med paa slikt, Julie? Me lìver trygge paa Draumen vaar so lenge han held; og kannhende held han Live ut. Men slitnar han for oss, so gjeng me kvar til sitt, frie som fyrr, og gjev kvarandre ein Kyss til Takk for Dansen.

Ho sat og saag ut-for seg, tankefull eller burtdrøymd; Taare etter Taare gleid stilt ned fraa dei brune Augo. Ho var vist ikkje heilt med. Det var visst eitkvart ho kunde hava aa segja. Men ho tagde.

Georg saag ikkje angelsaksisk ut lenger. Han var bleik um Munnen; dei smaae, ljosblaae Augo glytte uroleg ut gjenom Gull-Lorgnetten.

Kva tenkjer du paa? spurde han. Ho riste paa Hovude.

Seg det, bad han.

Ho studde Andlite mot Hendane; um ei Stund sagde ho: eg tenkjer paa … um det finst ein Mann so intelligent, at han kunde taka meg etter dette og ikkje vera raa mot meg.

Han drog paa Aksli. Ho klarer det ikkje, tenkte han.

Det var ho, som fyrst vart leid av aa sitja aa syte. Ho sprang upp og liksom skok seg; halde Likferd var vel enno ikkje verdt.

Ho smilte. Gav seg til aa sulle paa ein Visestubb; gjekk att og fram i Takt.

Georg sat og saag paa henne som ho strauk Golve upp og ned i lett, fri Gang; han saag den kvite, runde Halsen, og Aksline som var so stolte og so mjukt forma, og Bryste som gjekk ned fraa deim som eit lite rullande Bylgjedrag, og Armane som stod so godt og fritt til det heile og gav henne slike runde, kvike Rørslur; han vart hugveik og varm; kjende at han kunde ikkje vera henne forutan.

So kom ho og sette seg. Du store underlege Apekatt, sagde ho, skal eg syngje Visa di for deg? Og han svara: ja, du skal gjera det.

Ho tok det velstelte store Hovude hans inni Armen sin, vogga i Takt og song; det var ei «Vise», Georg lika so godt, av di der var slik Filosofi i ho:

«Verden er en Jammerdal; men –! det skal vi aldri bry oss noe om, falliralla lala tralilalila, men det skal vi aldri bry oss noe om, falliralla lala la.»
IX.

Sundagskvelden var Helene paa Nisseball.

Josefine, Gjenta i Huse, narra henne med; det var nok ei som ikkje var bljug, det. Ho hadde vori paa Nisseball mange Gongir, sagde ho; og berre dei var tvo, so var det likso trygt der som i Kyrkja.

Helene hadde aldri vori paa Nisseball. Og so hugsa ho, at i desse Dagane var ho fri. Tenk! ingin yvi seg. Ingin til aa grine, um ho kom seint heim; ingin til aa frette og spyrja kvar ho hadde vori. Det var uvisst um ho vart so fri oftare; ho slo seg vill og gjekk. Ho var so modig den Kvelden. Det som hadde skræmt henne fyrr i Dag trudde ho ikkje var noko. Slikt hadde ho kjent fyrr. Og so hadde Studenten vori her og sagt, at ho kunde faa Plass hjaa Georg Jonathan; det tok ho som eit godt Merke i alle Maatar. Det kunde ikkje vera Meiningi at ho skulde uti noko vondt, naar det jamna seg so fint for henne i det Stykke.

Og so godt som det var aa koma ut. Dagen hadde vori klaar og mild, med tinande Snø under sterk Sol, og med fri, høg Himil; no svala det paa, fraus litegrand; og Lufti var døkk med vaknande Stjernur. Ho lo høgt der ho gjekk. Tanken paa at ho var fri, at ho ingin hadde aa svara fyri, gjekk henne til Hovude; i Kveld skulde ho kunna vera med paa allslags Galinskap, tenkte ho.

Gatelyktine stod i skeive Radir og brann, faae og bleike, stridande med Myrkre. Paa Karl Johan gjekk «den ville Jagt» sin gang. Helene totte alt var Moro.

Ho rødde og lo, so Folk saag paa deim; eit Par Fyrar kom og nappa deim i Armane: «bli-med da, Gjenter!» Daa lo ho endaa verre. Josefine, som elles ikkje var bljug av seg, laut segja henne, at naar ein var ute paa desse Tidir, so var det best aa agte seg eit Grand. –

– Nisseball-Salen var som ein stor Laave, med fint, sletthyvla Dansegolv. I den eine Enden var der eit noko høgare Rom for deim som vilde drikke; i den andre Enden eit Trev for Musiken. Den spela so det lyfte i Helene; ho liksom smaadansa der ho stod; Josefine maatte paa nytt gje henne ei Minning. «Aldri hadde je tenkt du var so vill, du Helene,» sa ho.

«Aa du da,» svara Helene.

Ho vilde dei skulde gaa upp til eit Bord og setja seg. Ikkje enno, sa den andre. Kannhende det er nokon du ventar paa? spurde Helene. Mm; ikkje det nettup –.

Helene slo seg til Ro og saag paa deim som dansa. Det saag ut til skikkelegt Folk alt. Det var ikkje noko stygt aa sjaa her; det var som aa vera paa eit anna Ball. Skulde ein ikkje kunna gaa her kven som vilde? Med det same Dansen slutta kom det ein litin feit, bleik andpustin Herre burt til deim. «Godaften Frøken! Godaften, mine Damer. Opp aa ta Plass!» Han fyri og dei etter; og Plass fekk dei; denne Fyren var nok kjend her.

Og so fekk dei Kakur og Vin; han sjølv drak Øl. «Je er saa tysst saa,» smatta han.

Det var vel Kjærasten til Josefine dette? Ja-ja. Svært ung var han ikkje, men fjong. Brunt klædd; stort svart Krullhaar; Andlite var rundt og mjukt og utan Skjegg. Han kunde skapa det til og laga det um plent som ein Komediant; og han var so morosam i all si Aatferd, og hadde so mange løglege Ord og Hermestev, at han heldt deim i ein Laatt.

Drrum! – det var Musiken. Alle Mann upp; ein tvo tri, utruleg fort, Dansegolve i ei Maurtuve. Ei mjuk Hand treiv Helene i Armen; «– ha den Fornøielse, Frøken?» Det var ein fin, ven Fyr; ned i Maurtuva bar det; ho sansa mest inginting.

Eit Par Herrar stod etter der uppe og saag paa; den eine, ein ung ein, puffa den andre paa Armen. «Du Juberg,» sa han, «hva Fan var det for et tarveli Fruentimmer, Knutzon strøk av med der?» Olai Juberg, slaskut og sein, stod nettupp og saag etter henne. «Nytt av Aare,» sa han roleg og retta paa Brillune. «Hun tør være ganske pikant, den samme. God Figur blandt andet. Jeg la Merke til henne, mens hun sat ved Bore der; hun er Pinedø en forholdsvis Uskyldighet. – Forresten er hun frugtsommelig for Øieblikke,» lagde han til; han tala litegrand gjenom Nasen.

Olai Juberg fylgde Helene med Augo ei lang stund. Henne burde han hava Tak i. Han freista i Tanken fleire Haarsetningar paa henne, og fleire Hattar; det galdt aa finne paa noko som var «saa'n litt smaadævelsk», meinte han. Fekk han rigge henne etter sitt Hovud, skulde han jaggu nok faa Gjente av henne. –

– Stud. med. Knutzon svinga henne lysteleg i Dansen.

Han var fyrste Kavalleren paa denne Bula; det kunde det ikkje vera Tvil om. Men so var han og Son av ein Konsul. Og den Konsulen hadde vori rik.

Daa Stud. med. Knutzon hadde teki fyrste Bolken av Lækjarprøva, døydde Konsulen. Og daa fekk Guten Pengar. So skulde Fanden slite med Eksamen, fyrr ein hadde gjort Ende paa deim.

Han fylgde sin gode Ven Viborg til Hamborg; Viborg skulde lære Handel der. Men Knutzon kom snart heim att. Det var ingin By som Kristiania lell. Ingin Stad fekk ein so god Torsk som hjaa Ingebrett; ingin Stad so hyggjeleg ein Pjolter som paa Fallgruva; ingin Stad so friske Gjentur som paa Kristiania Tivoli.

Han vart «Karljohans-Løve». Fraa den Tidi hermde dei etter han: «man behøver Fa'n ikke aa gaa paa Tivoli; man kan faa virkelige Damer.»

Um ei Tid tok Glansen til aa gaa av han. Der var ei «virkelig Dame» som laut ein Tur til Stockholm; og det skulde vera hans Skuld. Knutzon fann ut at Kristiania var ein keidsam By; han drog til Hamborg andre Gongen.

Men kom att; og var daa fjongare enn fyrr. So gjekk han ei Tid Smaaløve fraa Teaterselskap til Taterselskap, og tok gjerne likaste Drosi i Flokken. «Man behøver ikke aa nøie sig med Koristinder; man kan faa Aktricer,» sa Knutzon.

Men etterkvart tok han til aa vise seg paa Dansesalane.

Han var ikkje so fager som fyrr. Den store Adelsnasen var der nok. Men Augo vart meir og meir vassne av seg; og Haare datt; og Andlite var ikkje lenger so klaart i Dragi. Han saag eit Grand slitin, lausfeit, ul ut. Og so vart han for kjend. Gamle Kameratar drog seg ifraa han; dei torde ikkje vera med lenger. Midt paa ljose Dagen kunde han koma køyrande full gjenom Karl Johan med kjende Kvinfolk; ja det gjekk so vidt, at han kunde vise seg for Folk i Lag med ein Fyr som Olai Juberg, som alle visste var ein Sjofelist, og som etter aalmenn Meining mest livde av aa vera Millommann millom rike Mennar og Gjentur som ikkje var rike.

– Maken til Dansar hadde Helene aldri vori ute fyri. Ein kjende seg ikkje sjølv, so lett gjekk det. Han dansa rettvendt og bakvendt, endefram og attlengjes; han hadde so mange Kunstir at ho vart reint fortumla. I Fyrstningi hadde han ein Maate som ho ikkje lika; han klengde seg so inn-til henne. Men det slutta han med, daa han skýna at det var henne imot.

Sidan var han berre hyggjeleg; og daa Dansen var slutt, tok han henne upp til eit Bord og vilde gje hende Vin. Men ho bad um Bruslimonade.

Han var endefram og greid; spurde um allting, og fortalde. Men ho skýna at ho fekk agte seg; han kunde ikkje vera so greid aa koma ut for. Den Munnen, den mjuke Munnen –; han hadde visst kysst meir enn ei Gjente i sine Dagar, den.

Ny Dans. Helene fylgde Knutzon; men det skulde vera siste Gongen no.

Det kom Folk inn jamt; Golve var so fullt at der var lite Rom til aa snu seg. Rett som det var kom dei upp-i slik ein Krull av Folk, at dei laut stana. Som dei heldt paa med aa arbeide seg ut «paa fri Sjø» att, som Knutzon sa, kom det ein Konstabel baskande. «Undskyld De, sa han. «Hva behager?» sa Knutzon; han vart so bleik og rar. «Vær rolig Di,» sa Konstabelen; «Det er ikke Dere det gjelder denne Gangen. Det var den Damen der. Di? Jomfru? Vil Di være saa god aa oppgji mej Deres Navn?» Folk stima til; Knutzon kom burt for Helene. Daa ho skýna det var henne, Konstabelen meinte paa, tok ho til aa skjelve og vilde røme, men kom ingin Veg. «Deres Navn,» sa Konstabelen; han stod med Boki og Blyanten ferdug. Daa misste ho Sans og Samling; ho skrek upp i villan Sky, kva Konstabelen hadde med henne aa gjera? um ho hadde gjort noko vondt? Heile Salen tok til aa lyde. Eit Mannfolkmaal kviskra yvi Aksli til Helene: «d'er 'ke farli, d'er 'ke farli; gje opp Navn og Adresse, saa er det 'ke mer!» men Helene var vitskræmd og samla inginting. «Di gjør bedst i aa ikke gjøre no' Slags Vrøvl her,» meinte Konstabelen; «kom med Navne naa.» «Si det; si det; vær ikke dum» kviskra Mannfolkmaale. Helene visste ikkje lenger kva ho gjorde; ho gav upp Namne. No er eg seld, tenkte ho. «Adresse?» den fekk han og. «Ja Di hører nærmere i Maaren,» sa Konstabelen; han sette Nasen upp og gjekk.

«Det er ingen Ting; Di ska ikke bry Dem om det,» sa Mannfolke no rolegt og trøystande; han tala litegrand gjenom Nasen. Ho stirde rundt etter Knutzon; han var ingin Stad aa sjaa. «Nei, Deres Herre er nok forsvunden,» sa den framande liksom han visste kva ho tenkte; «vil Di foreløbi ta te Takke med mej?» Ho kjende ikkje Fyren; lika han ikkje; «nei Takk, nei Takk; jeg skal gaa,» sa ho. «Ja men Di kann ikke gaa alene ute naa, saa sent; faar jeg Lov aa følle Dem?» «Nei Takk, nei Takk,» jamra Helene; ho søkte seg framigjenom Stimen so fort ho fann Veg; ho var so rædd ho skulde faa Uvìt

Josefine saag ho ikkje noko til. Fyrr ho visste Ord av var ho ute. Ho vilde setja til Sprangs, men saag tvo Konstablar som gjekk der og dreiv, og torde daa ikkje. Det verste var, at ho skalv so. –

– Dagen etter fekk Laurits ein Brevlapp fra Helene; den gjorde 'n baade blaa og bleik.

Alt igaar hadde ho skræmt han. Ho hadde mint han um Ting som han sjølv hadde gløymt, Ting som han ikkje hadde lagt Merke til; han visste no at det kunde gaa gali; og gjekk det gali, so var han ferdug for sin Part Og no hadde ho vel Greide paa det.

Han gjekk til henne med same. Som ein Tjuv kom han luskande; han var raudsprengd i Augo og graa i Andlite. Han torde ikkje sjaa paa henne. Men han forstod at ho hadde det vondt, ho au. Ho var so uroleg og rar; det var som ho knapt raadde med seg. Ho hadde ikkje sovi i Natt, sa ho. Laurits Kruse sat og venta paa Domen sin med bøygt Hovud

I Fyrstningi skýna han ikkje det ho fortalde. Det var noko um Tivoli, um Knudsen, um Dans, um ein Konstabel; kva kom det Saki ved.

Men so tok det til aa gry for han – han vaaga seg smaatt i Senn til aa tru, og so forstod han –, at det berre var dette um Tivoli ho vilde fortelja.

Det var ikkje meir.

Daa kunde han ha kysst henne.

Hans runde Andlit vart smilande som Fullmaanen; og han pusta ut i eit so langt og letnande Sukk som han i den Stundi vakna fraa Dauden til Live.

Han fekk att baade Mæle og Mod. Han saag paa henne; og han fann at ho saag godt ut. Den vesle Blaaningi under Augo hadde ho alltid havt. Figuren var den same som fyrr. Det var ingin Ting aa ræddast fyri. Det gjekk nok godt. Aah. Han reiste seg upp; han maatte strekkje paa seg, lyfte paa seg; hadde her vori Rom so hadde han dansa.

Ho var so jammerleg rædd Politie. Ho trudde det stod utanfor baade Lov og Rett; det kunde gjera som det vilde mot simple Folk; for deim nytta det aldri aa klaga. Han lo; Lovi var for Politie som for alle andre, sa han; men det fekk han henne ikkje til aa tru; ho hadde høyrt for mykje um Politie til dess, sagde ho. Han svara, at ho snakka som ho hadde Vit til. Gakk du berre trygt paa Stasjonen i Morgo, sagde han, og forklaara alt som det er til; og dersom daa Politie gjer deg det minste Uskil, so skal du faa sjaa, naar du klagar, at det fær danse for deg; og det um du aldri so mykje var «simpelt Menneske»!

Lengi maatte han tala med henne um dette. Ho fann paa alle dei utrulege Ting til aa uroa seg med, og det som han kunde segja beit liksom ikkje paa henne.

Daa han skulde til aa gaa, sette ho fram ei halv Flaske Øl og spurde um ho maatte bjode. Han vart eit Grand rar med det same; gjekk so til Borde og drakk.

Stakkar; ho var snild. Alt det vonde han hadde gjort henne, – ho ikkje so mykje som hugsa det. Og han kjende i sitt Samvit, at han burde kysse henne.

Men han fekk det ikkje til. Det vilde ikkje falle seg. Han tok henne i Handi, men saag ikkje paa henne. Han kjende seg skamfull; sagde seg sjølv at han var ein Slusk; men kva skulde han gjera? Han kunde ikkje; ho var for honom eit framandt Menneskje.

So luska han ut. –

– Dagen etter møtte Helene paa Stasjonen. Ho var der paa Klokkeslaget; men ho maatte vente ei god Stund.

Ho freista aa drive Tidi og døyve Tankane med aa sjaa paa dei andre som sat her, Sluskar og fint Folk som hadde vori fulle, eit Par rare, feite Kvinfolk, ei gamal hyggjeleg Kjering, ei Gjente med eit Barn. Men Mode minka for kvar Stund, og Rædsla auka; sistpaa sat ho med turre, heite Augo som ho ikkje kunde sjaa klaart med.

Og Munnen var turr og Halsen turr; ho anda tett og tungt som i Sjukdom. Uhuglege Tankar kom; Hovude gjekk fullt av fæle Synir; ho saag Rettssalen; der sat blanke Politiherrar og dømde; og morske Konstablar drog Syndarane ut; so var det lange myrke Murgangar innetter, og stygge laage Fangehol; i eit slikt saag ho seg sjølv, innestengd, avgøymd, verjelaus, i Hendane paa ukjende Mennar … Hu, der kom Politifullmegtigen; ho kvakk som det skulde vori Vaarherre.

Det vart ei Aatvaring. Ho burde taka seg i Agt. Ho skulde sjaa seg fyri kven ho kom i Lag med. «Det kunde ha gaatt galt for Dem, dette-her. Men De har altsaa Plass hos Kandidat Jonathan?»

X.

Kandidat Braut søkte Prestekall. I eit Te-Lag hjaa Presten Broch fortalde han dette, og lagde til, at han ikkje kjende seg god lenger til aa staa imot Herrens Kall. Hanna sagde det same; Daniel kunde ikkje lenger staa imot Herrens Kall. Daa smilte Laurits so løynskt med seg sjølv, at det var godt Presten ikkje saag det.

Han saag nok ikkje stort i det heile, Presten Broch, surøygd og lut som han tusla gjenom Verdi. Men han høyrde godt; og um Laurits visste han meir enn denne tenkte. Den kjære Kand. Braut hadde ikkje kunna tegja med det for sitt Samvit Skuld: Laurits var i seinare Tid komin i Lag med Vinstrerabulistar og emansipera Kvinfolk. Og no gjekk det Brev millom Pastor Broch i Kristiania og Pastor Lyng i Fjeldbygdi, um ikkje denne kunde hava Bruk for ein Huslærar.

Den Rabulisten, Laurits no heldt mest Lag med, var Mark Oliv. Laurits var glad i denne Trønderpluggen som aldri visste um Hugverk eller Sut, men lo so han kunde skræme Fanden; dessutan hadde vesle Laurits funni ut, at Dagmar Dyring vanka der i Huse no for Tidi.

Dagmar Dyring, som han maatte sjaa. Lengi hadde det verkt i han, det vonde Orde «affektera». Han hadde vori sjuk av det; og mange leide Tankar hadde det avla. Var ho affektera, so kunde ho ikkje vera aa tru; alt det ho fór med kunde vera Kunstir; ho kunde vilja vera original og interessant; ho kunde vera ei Hugsnikje. Men Saare grodde smaatt um Senn; og daa det var attgrott, var der ikkje ein Blodsdrope i han som ikkje glødde for Dagmar Dyring.

Glad var han berre i dei Stundine naar han fekk sjaa henne. Alle Stadir der ho var heldt han seg; og no gjekk han hjaa Mark Oliv og aat Postei av Skjeljar og Kotelett av Sopp og Salat av Hesteblom og alt som rart og vondt var, so han kunde faa ein Glytt so ender og daa av denne einaste som det var verdt aa sjaa paa.

Og um Kveldane, naar Timeplanen viste paa Pindar eller Tacitus, sat han og skreiv Brev til henne og sagde henne alt. Han visste det nytta ikkje; men han kunde ikkje lata vera. Naar han so hugsa at det var ho som skulde lesa det han skreiv, vart han skamfull og lagde det i Omnen. Skreiv paa nytt; men det vart alltid verre. Sistpaa kom han ikkje lenger enn til Overskrifti; og naar det kom til Stykke var kanskje den det galnaste av alt.

Han var den same Stakkaren som han hadde vori. Likso godt grava seg ned. No kunde han ikkje skrive heller; og tala med henne, det var reint raadlaust. Aaleine med henne vart han ein Tùmsing, mulebundin, tankenòmin; det var ho som laut føre Orde: han kunde berre segja ha og ja, han.

Han var kvinfolkrædd. Andre gjekk og var Kameratar med den dei fridde til; for honom var Kvinna noko framandt og rart som skræmde han, eit Dyr han var rædd, ei Dis han ikkje torde røre. Det hadde alltid vori so. Han hadde all sin Dag set henne fraa Vindaugo i Skulestogo, lært aa lengte, lært aa drøyme, men alldri lært henne aa kjenne. No var det for seint. Han var vaksin Kar, og her stod han, ein Labans Laban bland sine Brørar; um det galdt Live kunde han ikkje tala med Gjenta si. Og no gjaldt det Live. –

– Det var «graatt» millom Dagmar og Frida i seinare Tid; og det var mykje paa Hemn, at Dagmar gjekk so ofte til Helga Markussen.

Elles hadde ho nok aa staa i, Dagmar og.

Godi Stundir hadde ho; det meste ho hadde aa gjera var aa søkje Skulepostar som ho ikkje fekk. Men dei gode Stundine brùka ho til aa prøve seg sjølv; og di meir ho prøvde seg, di laakare vart ho.

Ho var var ein uædel Natur.

Ei ædel Kvinne elska ein Mann, og elska den eine so, at det maatte vera han eller ingin. Av alle dei Gutane Dagmar kjende, var det ingin ho elska retteleg. Ho lika deim rett godt alle; og kneip det, var ho rædd ho kunde gifte seg mest med kven som helst av deim. So nær som med Bjølsvik, for han forstod henne ikkje. Bjølsvik hadde ho lagt for Hat.

Den ho trudde best var Laurits Kruse. Han var minst Mannfolk av deim ho kjende; og ingin forstod henne so godt som han. Og som han fylgde henne trufast og vyrdsamt med desse ærlege Augo som bad, fekk ho ein Godhug for han, so det vilde vera vondt aa gjera den Guten Sorg; men um ho elska han? Det kunde ho ikkje koma til Lags med seg sjølv um.

Ho var ein uædel Natur. Ho elska alle og ingin.

Etter som Frida hadde sagt, skulde det vera so med dei fleste. Me elskar vel den mest som gjer mest Kur, hadde Frida sagt. Men Dagmar trudde ikkje stort paa Frida Westgaard. Ho vilde heller tala med Helga um Tingen; endaa det kunde vera sùmt aa segja paa henne og.

Helga var so «gift» no. Ho var kolna i Trui og slokna i Hugen og heldt seg mykje for lite stram i Viljen. Ho tenkte berre paa denne Mannen sin; ho vart Husdyr som dei andre. Ho var so forsona. So fornøgd. Godsleg og smilande, naar ho skulde vera streng og harm. Kunde ein tru paa Helga lenger, som ho no var?

Men godt gift fekk ein segja ho var, paa sin Maate.

Det var eit parlamentarisk Ægteskap, som Mark Oliv sagde. I det store og heile var der Samarbeid millom Statsmagtine. Han sette henne inn i sine Paafund, og ho lærde han upp i «Emancipation», so han snart skulde vera likso ihuga for Kvinnesaki som han var for Skjeljar og Skyttarlag; berre han ikkje vilde hefte seg burt med Serspursmaal. Ho hadde han alt mistenkt for, at det han lagde mest Lag paa i Kvinnesaki var Tanken um divided skirts .

Mest Mas hadde Statsmagtine med Budgette.

Han var Folke som betala, og skulde daa au vera den som raadde for Kassa. Men Regjeringi var ute med sine Fortolkningskunstir og Overgrìp og hadde snart meir aa segja yvi Budgette enn han fann «principrett». Strid var der helst um dei «tilfældige og uforudseede» Utgiftir; for det var paa den Kontoen, Administrasjonane «snaut». Men Regjeringi visste Raad; knipte Folke meir enn rimeleg, so spara ho paa Toddy-Konjaken; og det kunde Folke paa ingin Maate like.

Og so var det ein Post, som Regjeringi gjerne vilde knipe paa; det var lùmmepengane hans; dei vart alltid knappe. Stundom vart dei «ækvale Null». Daa stakk ho elles gjerne til han ei Krone av dei «tilfældige», av di det var han som skulde «repræsentere udad».

Slik bauta dei seg fram fraa Maanad til Maanad. Verst var det naar den store Obligasjonen kom, «Bryllaupsobligasjonen». Men med eit Grand Heimearbeid heldt Mark Oliv Huse i Gang; og dei lìvde og klara seg. Ja Mark Oliv lagde seg ut; dei gruve Aksline vart so gode og breide som dei skulde vera bygde til aa bera Jordkula.

Ein fager Mai-Morgon, daa han stod ferdug og skulde paa Kantore – det var berre Pipa, han saag etter –, kom ho luskande og var so blid og rar, og lagde seg upp til han og kviskra. Han slo Armane um henne som ein Orangutang: «er det sant?!» «Ja, ja, ja;» ho lo; og ho var so varm. Daa kysste han henne med Bjørnefaktir; «det,» sa han, «det skal du ha Tillitsvotum for!» Og so lo han; og so lo dei; og so kysste dei kvarandre ein Gong til.

Og Markus Olivarius Markussen marsera gjenom Byen so diger og stolt som han aatte heile Greida. Og Tankane hans flaug som Ørnar gjenom Framtidi: vart det Gut, skulde han vera Vitskapsmann; vart det Gjente, skulde ho innføre divided skirts . Og han svinga med Staven og hyfste i Aksline og fyllte halve Gata med sin breide Rygg; og um han hadde møtt eit Lokomotiv, so hadde han knapt vori viss paa, at det nettupp var han, som skulde vike or Vegen.

Men nokre Dager etter baud han Laurits Arbeidsrome sitt for tolv Kronur Maanaden. Enn De sjølv daa? spurde Laurits. Fleire Folk, mindre Rom, svara Mark Oliv med ein still Smil. «Aa!» sa Laurits, han vart lite rar um Augo; «gratulerer!» –

Millom deim som Dagmar raaka hjaa Helga var Fru Bøckmann.

Ho kom her, naar ho sturde som verst. «Av alle Fruentimmer i Verden,» sa ho, var Helga, «Satan lyne mej,» den einaste ho trudde.

So kunde ho sitja der heile, lange Ettermiddagen og jamre yvi «den dumme Verden»; og Helga maatte helst ikkje segja eit Ord; «for du er saa lykkelig, du,» sa Fru Nina.

Av henne fekk Dagmar høyre Ting som ho lagde Merke til.

Paa Teatre gjekk i den Tid m. a. eit Stykke av Bjørnson, som Dagmar var glad i: «Leonarda».

Men Nina hata Leonarda. Ho resignerar, spotta ho. Naturlegvis; me resignerar. Me hev so god Raad til det. Og so kallar me det Moral. Naar me ikkje hev Mod til aa gjera det me vil, kallar me det Moral; og græt, og hev vaar Løn i vaart gode Samvit. «Fy for Satan!»

Dagmar stirde forskræmd paa den fine Frua; denne lagde Merke til det og lo. «Det er saa morsomt aa banne,» sa Fru Nina; «saa føler man sej saa dejli ukvinneli.» Dette svara Dagmar ikkje noko til; ho tok berre uppatt Samtalen. «Men – men,» sa ho, «Aagot?»

«Hvilken Aagot,» spurde Nina tankespreidd.

Ho som er trolova med den, Leonarda elskar?

– Aah ho. Kven bryr seg um Aagot? Ho elskar ikkje. Ho elskar som me andre. Me kann drive det so vidt som til aa trulova oss, naar me hev tenkt oss um i tri Aar; men det stend aldri um Live. – Fyrr etterpaa kanskje, lagde ho til og drog paa Munnen.

Høyr ikkje paa henne, Dagmar, sa Helga; Nina er Pessimist.

Du? kom Nina att; vil du halde deg utanfor dette, du. Du er ikkje som andre, du Helga; denne Bjørnen din fekk du, av di du fridde sjølv; og so er du berga, du for din Part. Kom ikkje og innbill deg, at du er som ei av oss!

Helga smilte, eit Grand brydd, saag det ut til; Dagmar saag paa henne med store Augo.

Nei, nei, heldt Nina fram; det maa vera Mennane som kjem og tek oss; og dei som tek oss, dei fær oss. Lat ikkje Mennane faa vita um dette, Frøken! men det er sant; ved Gud, det er so sant so. Mistyd meg ikkje! Me kann elske, me og; men hev De lagt Merke til –; det er alltid «den andre» me elskar; og so gifter me oss med den me ikkje bryr oss um, og græt litegrand for «den andre», og so gjeng det yvi um ein Maanad. Ja, ja; ja, ja, sulla ho; Gud veit, kva me skal vera til for.

Dagmar gjekk heim i mange Tankar. –

– Syttande Mai var blaasande og kald. Det var korkje Vaar eller Vinter, og Himilen var korkje klaar eller myrk; alt var halvt og midt imillom; saag minst av alt festlegt ut. Men der var Flag uppe paa alle Stengar, og Kristianiafolke gjekk med Trikolorbande paa Bringa og lange, keide Andlit og var ferduge til aa halde Fest naar som helst Festen vilde koma.

Klokka 7 um Morgonen hadde Hornmusiken blesi Koralar fraa Kyrkjetòrne for Morgonfuglane. Klokka tolv kom Smaagutferdi. Dei smaae jubla heile Vegen, for det hadde dei Lov til; og dei Tusund Smaaflaggi i breid Rad ned gjenom Karl Johan tok seg ut som eit friskt endelaust Blomsterbelte. Men Høgreredaktører gjekk og rekna etter, kor mange av Smaaflaggi det kunde vera som hadde «det blaagule».

Klokka 6 kom den store Festferdi. Eidsvollsplassen, Karl Johan, Kyrkjegata var svarte av Folk, Vindaugo ljose av Andlit og Damehalsar, Ferdi endelaus: tri og treti Fanur, Studentane i Fyrienden med Ula, so Arbeidarane med Bikuba, so Snikkarar, Smedar, Bakarar, Songarar, Maatehaldsmennar, alle Slags Mennar, med Hamrar og Hyvlar og Lyrur og rare mytologiske Figurar, som alle undra seg yvi og ingin forstod.

Det var tri Hornblaasar-Kor med i Ferdi, og til Tonane av «Ja vi elsker» kom Fanune vaggande ned gjenom Gata, ei for ei, kavande i Blaastren yvi den yrjande Folkemengdi som bundne flaksande Fuglar. Det høyrdest ikkje Rop eller Song, og ikkje høg Tale; men ettersom kvart Merke kom til Stortingsbygningen, vart det ropa Hurra; og det gjorde dei trygt; for det stod paa Programe.

Byen var roleg som ein Ladestad, og denne Festferdi kunde likso godt ha vori ei Likferd. Men mange Slags Tankar æste under Vaarfrakkane; og det var ikkje mange av dei stillfarande Folk som her gjekk og stod, som ikkje vilde ha vori ferduge kva Tid og Time som helst til aa stige fram mot kven som helst og disputere seg til Blods um det absolute Veto.

– Etter Festferdi gjekk Helga, Dagmar og Mark Oliv og dreiv ei Stund; Laurits, som endeleg fann deim, slo Lag. Han var ille farin i Dag; Presten hadde sendt han paa Lande; han skulde vera Huslærar. «Ja; men De hev Tidi for Dykk,» sagde Mark Oliv. «Ja kanskje det,» svara Laurits; han gjekk og glytte paa Dagmar fraa Sida og gret mest. So raaka dei Georg Jonathan saman med Fru Bøckmann; strakst etter saag Laurits Julie Lindner saman med ein Herre han ikkje kjende, ein staut Kar, med blaae Augo og ljost Munnskjegg.

So kom Frigstad med tvo av «Trollkjeringane», dei tvo Lagi slo seg ihop. Det store Spursmaale var, kvar dei skulde gjera av seg. Dei vilde gjerne hava Moro i Kveld, men kunde inginting finne paa. «Ja jeg vil hjem,» sagde Helga; ho saag bleik ut. Mark Oliv fylgde henne; «min Kone er træt,» sa han stilt. –

Sidan gjekk dei andre og dreiv og var leide. Skulde dei gaa paa Folkefesten? – Nei. I Arbeidarsamfunde? – For fullt av Folk. Paa Teatre? – For lite av «vaare Folk», – so paa ein Syttande.

I Kyrkjegata møtte dei Maalarane Bjølsvik og Blytt, uppklædde og fjonge, «udgaaede paa Spetakkel». «Kann ikke Dere foreslaa noget?» spurde Dagmar. Nei. Dei vilde gaa i Fallgruva og drikke Pjolter, dei for sin Part. Og Bjølsvik saag paa Trollkjeringane og Studentane og var grettin.

Dei stod og glodde paa Folk. «Naa, se der har vi Fru Bøckmann,» sagde Blytt.

Ho er altid ute, svara Bjølsvik; sjaa kor ho gjeng og friar til Mr. Jonathan.

«Henne liker jeg ikke!» kvesste den yngste av Trollkjeringane i.

«Hun er vakker, vakker,» sagde Blytt.

«Ja men hun er saa ulykkeli for det selv.»

«Aa, ulykkeli –?»

«Har De ikke set, naar hun kommer ind i et Selskap f. Eks. –: hun sænker Øinene og drar dem op igjen saa forsigti, og ser ut som hun bad for sej: undskyld, mine Herrer, nu faar De ta Dem i Agt; je kan da virkeli ikke for, at je er saa vakker!'»

«Ondskapsfull,» lo Frigstad.

Det slutta med at dei gjekk inn paa Kafé Royal og aat til Kvelds. Der fekk dei eit Rom for seg sjølv, og so kunde dei halde «privat syttende, som andre skikkelige Folk», som Blytt sagde.

Bjølsvik fortalde nytt: Peter Tordenskjold, han Kryl-Ryggen, var trulova. Og det med ei av dei likaste me hadde: Eline Henning.

Og no gjekk vesle Peter og sprikte paa Gata med Krylryggen og Kjærasten so kaut som ein Lensmann; og ho gjekk og saag upp til den vesle Herremannen sin, som Gudhjelpemeg ikkje naadde henne lenger enn til … «ja Belte kan man vel si i Dameselskap?»

Trollkjeringane lo. Den yngste av deim, ei ven ei, og eit Grand vøni, meinte paa, at ho skulde kunna høyre alt som Bjølsvik kunde finne paa aa nemne: «for saa fordomsfrie er vi vel?» Bjølsvik meinte han kom til aa drive henne ut or Byen, dersom han vilde tala Ungkarsmaal for henne; «forsøk!» svara ho og sette upp Nosi. «Nei-nei-nei,» bad den eldste; «det er nok ikke verdt.» Den unge raudna, mukka litegrand, men gav seg.

Dagmar forsvara Frøken Henning. Det som baud mest imot for unge Damur var det vanlege, det aalmenne; ho kunde godt forstaa, at ei Dame som Eline valde som ho gjorde; so slapp ho daa ifraa Herrane fraa Motejournalen.

Ja; og so hev Peter Pengar, Pengar, sagde Blytt aalvorsamt.

Bjølsvik vilde ikkje vera strid denne Gongen; han knurra, men tagde; førde so Samrøda inn paa noko anna.

Men daa dei kom til Kaffien, var han og Dagmar i full Strid.

Det gjekk stilt og rolegt i Fyrstningi, med valde Ord, som berre hadde løynde Broddar. Men etterkvart vart Ordi sterkare og Broddane tydelege; og det var ikkje lenger Spursmaal um aa forstaa kvarandre, men berre um aa faa segja kvarandre kvasse Ting.

Her var han Meistar.

– «Overbevisninga»? Dei hadde ikkje set anna av Verdi enn Karl-Johansgata; og so skulde dei ha «Overbevisning»! Nei; naar noko kom paa Moten, so skulde dei vera med; det var Overbevisningi, det. Og so skreik den eine høgare enn den andre, til dess dei var galne alle ihop. Og i Morgo var det ei ny Lekse. Ein Dag gjekk dei og dingla med Krossen i Halsbande, Dagen etter med Guillotinen; kunde dei vera interessante med Bøneboki so gjekk dei med Bønebok; og trudde dei dei vart interessante med aa banne, so banna dei so det lyste um deim. Her ei Tid skulde Kvinna vera bljug, Liljekonval og alt slikt; daa var dei so bljuge, at – Bjølsvik gjorde Fagtine – dei vilde gøyme seg i Veggen; so kom det ein Mann og skreiv ei Bok og sa: Kvinna skal Fanden hente meg vera sjølvstendig! Jøss! daa kom dei farande alle ihop og var so sjølvstendige, at dei røykte Sigarett. Alle ihop. Som paa Kommando.

– Sanne? Kvinna, som aldri hadde vori anna enn Lygn og List? Men so hadde ho og gjengi i Skule. Fraa den fyrste Kvinna fridde etter den fyrste Mann …

– Ikkje det? Var det ikkje alltid Kvinna som fridde? Gjekk fyri og lokka; og so kom Mannen etter, som Bukken, naar han vil ha Salt; men gaa fyri og lokke, so Mannen trudde det var han, som gjekk fyri og lokka, det var Kunsten; men den kunde dei fraa dei laag i Vogga!

– Kva slags Damur han hadde havt Lag med? – Gakk til dei finaste! Og Bjølsvik sprang upp so Stolen valt; fór inn i Avisrome; skræmde Live av eit Par gamle Pjolterdrikkarar som sat der og dubba; kom so inn att med eit Blad –:

«Et elegant sort Vaartoilette udføres i Faille,» las han. «Nei men det er for gamalt!» ropa heile Lage. «Faille og sort Grenadine,» skreik Bjølsvik so det dundra i Veggine; «Dere skal ha det, um Dere blei gal!» – «med Fløilsstriber eller gjennembrudte Border; det halv-lange Skjørt er av Faille, Overkjolen af Grenadine, kantet med en Fryndse af Chenille eller … Jais; Livet, høit i Nakken og over Skuldrene, er lukket i Halsen – det var rart!» – men stærkt udskaaret, ovalt eller firkantet, over Brystet – naah! – Om Dagen lukkes det udskaarne Stykke af en smuk, firkantet Guimpe i Hvidt og Kniplinger eller i fin Surah … Han slengde Bladet i Bordet so det small; «slikt er det Dere tænker paa! Slikt gaar Dere og funderer paa allesammen! Hver en av Dere! Maa jeg spørre, hvad Dere gjør det for?»

– Rett! Skulde dei ha Rett til nokon Ting, desse som ikkje kunde anna enn gaa paa Karl-Johan og vera Prøvejomfruir; fundera fraa Morgon til Kveld paa aa «ta sej ud»; bruka heile Dagen til aa hengje paa seg alle dei Greidur og Frynsur og Stopningar og Sløyfur framme og bak og Brystnaalir og Band og Babels Taarn paa Hovude, og Køar paa ein annan Stad, og alle desse utrulege og forunderlege «Klædebønder», som gjorde deim til Damur um dei hadde Figur som Eldtengar! Og det var Live for deim det! Det vart dei aldri trøytte av! Som Katten laag og slikka seg i Soli den lange Dag, so stod dei og strauk seg og slikka seg for Spegilen; og um dei ikkje hadde anna aa lìva av enn Sild og Potet, so gjekk dei paa Gata so fjonge og fine at enn ikkje Salomonski i all si Herleghed – naah! Alt som dei trudde kunde lokke; alt som kunde gjera dei mnamnam søte og mnamnam yndige – –

Daa smelte heile Laget i aa læ; og Blytt meinte at jagu vilde me ha dei søte og yndige likevel; yndige!

«Aassen vil Di ha os da?» skreik den unge Trollkjeringi.

«Jeg vil ha Kvinnemennesker som bestiller noenting!»

«Som koker min Grød og baker mitt Brød,» hermde Dagmar.

«Som forstaar sig paa an't enn aa gaa og vera interessante,» knurra Bjølsvik.

«Naa gaar vi,» sa eit kaldt, stutt Maal; det var Laurits.

Det kom so avgjort, at dei reiste seg alle, og gjorde seg ferduge og gjekk. Det bar til Arbeidarsamfunde.

Dagmar tok Laurits under Armen. Ho vilde heim; han fylgde. Utanfor Porten stod ho og rasa ein halv Time yvi Bjølsvik. Han var eit Mannfolk; det einaste gode ved han var at han sagde beint ut det andre heller freista aa dylja no for Tidi.

Laurits sa ha og ja og var reint som burte. Men daa dei fekk kvarandre i Hendane til Godnatt, so kunde han ikkje sleppe den Handi; og ho heldt fast ho med; daa sansa han seg ikkje lenger. Blode svimra susande upp til Hovude; ei veldig Bylgje fyllte Bringa, tok Pusten; han kviskra det einaste Orde han kunde finne: Dagmar; til Svar fekk han ein Kyss, en sterk, viljefyllt Kyss.

Han tumla heim utan Sans og Samling. Ein Tanke hadde han: det vart mange Aar fram, fyrr han kunde gifte seg. Men dei var unge; dei hadde Tidi for seg; Tidi for seg; no berre arbeide; arbeide …

Ho gjekk upp-aa Rome sitt, uroleg, underleg kald; ho hadde Hjartebanking; Hendane dirra. «Men det skal være den rette;» sagde ho; og so trøysta ho seg med, at kannhende vart ho ikkje den sist gifte likevel av «Trekløveret».

XI.

Det var folksamt den Kvelden i Restaurationen i Studentersamfunde.

Alle dei faste sat der; og paa den 17de drakk dei med godt Samvit. Attaat var det all den Mengdi som kom serskilt «i Anledning Dagen»: unge Studentar, som etter Skikk og Vedtekt skulde drikke seg fulle for Fridomen; eldre Studentar som vilde friske paa gamle Minne; Ægtemennar som denne eine Dagen um Aare hadde Lov aa vera ute til Klokka tolv. Dei myrke, innrøykte Romi tok til aa sjaa livlege ut; Glas klingra og Sigarar og Snaddur brann; det var greidt aa sjaa at Folk hadde sett seg til her for Aalvor.

Ein jamn, døyvd Surr av Samtale og Laatt tok til aa fylle Romi. Og gjenom Tobaksrøyken som tetna og tetna kunde ein sjaa, at det glødde upp til Ordstrid her og der; Hendar tok til aa hogge i Lufti, og Skallar tok til aa raudne. Ender og daa høyrde ein høge Rop eller sterke Laattar skjote seg upp or det store Grunnskravle, som Geysersprutar or eit kokande Dy.

Det var Vetostriden som var uppe ved dei fleste Bordi; det snødde med Jus og hagla med Grunnlovsparagrafar. Det absolute Veto vart sannprova og tynt, og dei førande politiske Mennar hudflengde og lovsungne; Huse Bernadotte vart avsett ein Gong i Minutten, og Radikalaren Johan Sverdrup likso ofte send til Helvite eller skotin.

Det kom Folk alt i eitt; akademiske Borgarar og Kunstnarar. Myrk og uglad steig Bjølsvik inn; han saag ut som han ikkje venta seg stor Moro her heller. Ved Sofaborde i det ytre Rome fann han seg Sess; der sette han seg til aa sture yvi ein Pjolter og eit Numer av «Fliegende». Skravle gjekk rundt han i høge Sjøar; Folk hadde mykje usnakka i Kveld. Han høyrde paa det stund-imillom med halve Øyro.

Midt framfor han i Sofaen sat Privatlæraren Hummelvik og greidde ut for ein eldre Herre, at Høgrepartie var ein Drake som laag og valt ut-yvi Lande og laag det ned Den eldre Herren svara, at Vinstrepartie var ein Saueflokk; stakk ein ut ein Pinde og fekk Storbukken til aa hoppe yvi den Pinden, so kunde ein gjerne taka Pinden burt att; alle dei andre hoppa etter like godt; og dei smaa Gimbrane, dei som berre var eit Aar gamle, dei hoppa no so uendeleg høgt! Men for Enden av Borde, uppe mot Disken, sat tri unge Medisinarar og tala um Syfilis.

Det var ein Knutson eller Knutzon, som i desse Dagar var komin paa Gaustad; og det var vel den Sjukdomen som hadde gjort det. Det kunde vera Dill; Fyren hadde i seinare Tidir drukki meir enn nokon trudde; han hadde vori Skaapdrikkar. Men verst hadde han vori i Kvinfolkvegen. Og det var ein avgjord Ting, at han hadde vori sjuk den andre Gongen han var i Hamborg.

No laag han der uppe og var Idiot. Den meste Tidi sat han i ein Stol og stirde ut i Lufti med sanselause Augo og sa «Graut»; «Graut, Graut.» Men stundom var han livleg og full av Idear. Ein Fljugemaskin var han ferdug med; no arbeidde han paa ein «Ski-Velosiped»; og det skulde gaa godt alt, meinte han, dersom berre ikkje Tidine vart for strenge. Men me kunde vente oss noko av kvart i so Maate, trudde Fyren; for det hadde høvt seg so ille at Vaarherre var gjengin fallit. «Jeg saa ham selv i Natt,» hadde Galningen fortalt; «baade ham og Sankt Peder; di kjørte inn i Helvete so Eldmørja stod um Karjolhjulene.»

Bjølsvik var like sæl um Knutzon; og han var like sæl um Høgre og Vinstre. Han sat og gløymde Pjolteren og stirde paa «Fliegende» og var utanfor alt. Det var det usæle, at han hadde set att Dagmar Dyring. Nettupp som det verste hadde vori yvistridt, nettupp som det hadde vori Von um at han kunde faa gløyme, nettupp no var ho komi i Vegen for han; og no braut alt upp att. Braut upp att med øgjelegt Velde. Han hadde kjent det med ein Gong; det kunde ikkje nytte aa stride imot. Han skulde ikkje bry seg um nokon Ting lenger, ikkje um Trollkjeringar og ikkje um Studentar, og ikkje um si eigi Armod dessmeir; der fanst ikkje det i Verdi som skulde skræme han; alt kunde den som elska. Men no var ho komi so langt ifraa han, at Vaarherre maatte vita kvar han skulde finne henne att. Han hadde skræmt henne. Sanningi var vel elles, at ho aldri hadde havt Tanke for han. Hadde ho det havt, so vilde ho ha set, at han heldt av henne.

Millom deim som kom var Maalaren Otto Nielsen; han sette seg burt-til Bjølsvik og helsa han fraa Constance. Han og ein annan Maalar hadde vori ute og set til henne i Dag, fortalde han; ho laag og «galoppera» og skulde døy i Natt eller so.

Men det var det beste som kunde hende henne, meinte Nielsen; han sat og laga ein Whiskytoddy. So slapp ho aa koma i Vik'a. Det hadde vori vondt aa sjaa henne att no. Ho var so avfalli. Berre Skinn og Bein og eit Par skræmeleg store Augo. Kroppen kom burt i dei Fillune ho laag i. Mæle hadde ho ikkje; ho kunde berre kviskre; i Munnvikine var Skum. Men rædd var ho ikkje; ho hadde vel ikkje Kraft til det. Ho berre jamra seg for, at det var vondt aa skiljast fraa gamle Venir; dei fleste hadde elles gløymt henne no. Ja og so var det Systeri, Ottilie. Den vakre fjortanaars Ungen maatte alt gaa paa Gata etter Herrar, so det vart Mat til Huse. Det turvtest so mykje no. Constance trøysta seg med, at det var mange som laut taka til med slikt Liv i endaa yngre Alder. Presten hadde vori hjaa henne; men han hadde ikkje vori fornøgd. Ho var ikkje angerfull nok, hadde han sagt. «Liksom det var saa lett aa angre paa det, som har vært den eneste Moroa i Verden,» sa Constance. Ho slo seg til Ro med, at ho hadde vori snild mot Gutane sine, og at ho aldri hadde havt med andre enn Maalarar aa gjera. Mot deim hadde ho vori trufast. Ja ho hadde det. I andre Maatar hadde ho gjort det ho kunde; han Gamlingen som laag burti Benken, han vilde segja det same um han kunde tala. Dei tvo Maalarane hadde gjevi henne dei Skillingane dei hadde paa seg, seks Kronur og nokre og femti Øre i alt; Otto Nielsen hadde jamvel freista so smaatt aa tala Gudsord. Vaarherre vilde visst vera rimeleg mot henne, sa han; «du har sliti vondt nok i dine Daer, Constance.» «Aa ja,» svara ho; «men jeg har da havt mye godt ossaa.» Her braastana Otto Nielsen; han drakk, glyrde med Augo og drog seg nervøst i Skjegge.

Bjølsvik sat og tagde. Han brydde seg so lite um Constance. Dei kunde lìva og døy for honom kven som vilde. Der var berre ein Ting som vedkom honom; berre ein einaste Ting. Men han kjende paa seg, at han maatte segja noko; og so sagde han:

«Ja; vi er noen Svin. Vi er Svin. Men hva Satan ska vi gjøre?»

Otto Nielsen meinte me fekk gjera som dei gjorde i Bergen naar det regnde. So lengi her var Kvinfolk som selde seg, so maatte me vera galne um me ikkje kaupte. «Og saa er det saa forbanna bra med det, at her er aa faa til alle Priser,» lagde han til, «saa vi Fattigfolk ogsaa blir hjulpne.»

Bjølsvik knurra og drakk.

Ja – ja, sagde Otto Nielsen; men det er kanskje ikkje so vondt som det ser ut til for Kvinfolki heller. Her for eit Par Aar sidan var det tolv Koristinnur paa Tivoli Teater; og dei hadde Barn kvar ei av deim; men det Barne, sagde dei alle, var den einaste Gleda dei hadde i Verdi. Dei var so glade i dei Ungane sine, at det var meiningslaust.

Otto Nielsen sat og saag seg um ei Stund; so sagde han: han drikk svært, Hummelvik i Kveld.

Han drikk som ei Merr, svara Bjølsvik; det er vel Kjeringi som er leid med han att.

Ja kvi gifter Folk seg, sagde Nielsen.

Bjølsvik var i Lag til aa harske seg; han lagde i Veg med svære Ord um alle desse «Kvinder», som lét seg forsyrgje av Mannen sin, men gjekk og pinte Live av han samstundes. Men Gubbevars; dei var moralske, og dei var ædle, og dei var alt godt; men me –

Me var berre Toskar, meinte Nielsen.

Ja, me var Toskar. Me kunde ikkje halde oss ifraa deim kor galne dei var. Det var det same; skulde her vera Hyggje, so maatte me hava deim med oss. Utan deim nytta ingin Ting. Var det Moro kanskje aa sitja paa Bule og drikke Pjolter? Det kunde vera um Lag som aa gaa i Helvite og reide Leir. «Bare kjedeli.» Naar ein var sekstan Aar kunde ein trivast i Ungkarslag; men naar ein vart tjuge, lengta ein etter Kvende; og sistpaa lengta me slik, at kunde me ikkje faa Damur med oss, so tok me Tævur. Jagu gjorde me det, ja.

Hm; dei var ikkje dei verste, svara Nielsen. Dei kunde me daa snakke med; og snakke med deim um kva som helst; og dei gjekk med paa kva som helst. Men ei Dame, ho var ikkje med paa nokon Ting; ho sat berre og var pen ho; og tala um Ting som ingin brydde seg um. Otto Nielsen hermde: «nei, hvor her er deili! nei, hvor her er nydeli! nei men se paa den gamle Kjerringen; er hun ikke søt?»

Ja, ja, Fanden, banna Bjølsvik; det var keidt og leidt alt. Det eine var vondt og det andre verre; han treiv Glase og drakk; «Gud ske Lov, saa længe vi har Brændevin!»

Inn kom Georg Jonathan; han saag trøytt ut og ropa høgt paa Pjolter. «Aafornoe?» sa Otto Nielsen, «Di her?» Ja, svara Georg; «nu vil je gifte mej og slaa mej til Menigheden.»

Han sette seg til Borde; fekk Pjolteren; slog i Tridjeparten Konjak og drakk med ein Gong halve Glase. «Det ta'r paa aa fatte en saadan Beslutning,» sagde han. «Har Di fattet den Beslutningen akkurat nu?» spurde Otto Nielsen. «For fem Minutter siden», svara Georg. Han kveikte ein Sigar.

– Baade det ytre og det indre Rome var stappfulle med Folk; og der var eit Skravl utan Ende. Yvi det heile laag Tobaksrøyken graa og døyvande som Ull; gjenom den stræva Gasljosi og lyste det beste dei vann, liksom Lyktir i Skodde.

Medisinarane dreiv paa med sitt; fortalde um den og den som hadde havt Sjukdomen; rekna ut kor mange Tilfelle det var for Maanaden her i Byen; gissa paa, kor mange det kunde vera av desse Karane her i Kveld, som hadde vori ille ute. Og dei unge Herrane sat og saag morske og likesæle ut, og brùka brutale Ord og ein kald Tone; for det høyrde med til Fage. Ein av deim fortalde um gamle «Jokum»; han hadde vori halv Idiot i sine siste Aar; «men tilslutt fik han en lys Ide: fandt sej et Rep og hengte sej opp paa Sovekammervæggen som en gammel Slobrokk». Dei andre nikka; «resolutt Fyr,» sagde dei.

Gabriel Gram kom drivande fraa eit av Smaa-Romi; gjekk og saag seg ikring, liksom han leitte etter einkvan; rusla sistpaa burt til Hummelvik. «Du Hummelvik?» sagde han; «no kan du jagu laane meg fem Kroner.»

Hummelvik stirde med halvdrukne Augo: «Kroner? – fører ikke Kroner. Fører ikke Kroner. Toskehue.»

Men Gram visste at Hummelvik hadde havt Pengar for eit Par Dagar siden; kor hadde han gjort av deim?

Hummelvik stirde endaa ei Stund; Tankane gjekk ikkje fort i Hovude hans denne Kvelden. So tok han til aa fikte med Hendane og deklamere i Homer-Stil:

«Visselig vil jeg nu i høi Grad sige dig dette, efterdi du mig derom fritter og spørger. Thi den guddommelige Skrædder Olsèn, end hvilken end ikke nogen af Guderne er mere fiks til at skjære og sy et Par Bukser –»

Gram riste paa Hovude; so saag han Georg Jonathan og gjekk burt til honom; spurde um han maatte faa Lov til aa præsentere seg. Jonathan reiste seg; dei namngav seg for kvarandre, svært høflegt. Det var i Grunnen rart; dei hadde kjent kvarandre i fleire Aar, men aldri fyrr raaka saman.

«Jeg kjender Dem egentli noksaa godt,» sagde Gram til Georg, «bl. a. gjennem Deres Elskerinde.» Georg stirde kaldt: «hende kjender Di ikke,» sagde han. Nei, svara Gram; men han kjende ei Gjente som kjende henne. Det var Elise, Mætresse til Grosserar Bøckmann no for Tidi. «Hun kjender Deres – æ, Deres Veninde svært godt, hun,» sagde Gram; «og omgaaes hende meget om Dagen.» Georg stod og drog seg i sine Whiskers: «det er nok paa høi Tid.»

Gram spurde kva som var paa høg Tid; Georg svara at han skulde gifte seg. Ja daa var det paa høg Tid, meinte Gram; heile Byen vilde snart ha Greide paa, at han var smaagift med Julie Lindner. «Men Di er en heldi Gris,» lagde han til, «som altsaa har funnet en Dame som er saa intelligent, at Di tør gifte Dem med henne.»

Gram stakk Hendane i Lúmma og fortalde, at so heppin hadde ikkje han vori. Han hadde leitt lengi, han, og det baade med Ljos og Lykt, kunde han segja; for gifte seg vilde han, han som alle Ungkarar. Ein skulde vera i Orden med dei Ting; ein skulde vera comme il faut; der var «formeli noe uanstændi» ved gamle Ungkarar. Men det var ikkje greidt. Ein maatte sjaa seg fyri; ein laut hugse at det skulde vara heile Live. Gud maatte vita kvar alle Folk fekk Mod ifraa – naa-ja. Her ein Gong i Vinter hadde Gram innbilt seg, at Eline Henning maatte vera den rette. Eline Henning, Dotter av Maalaren; ja De kjenner henne. Ho var just komi heim fraa Utlande; og med henne kunde ein tala um mange Ting. Men so hadde Gram skræmt henne. Han hadde komi upp i Kunstforeningen ein Dag, litt full. Der raaka han henne, og gav seg til aa forklaare Kunst for henne med godt Mod. Men fraa den Dagen var ho rædd han. Meir tolde ho ikkje. Ja og so hadde nok Gram tala noko fritt; nemnt Ting som ho ikkje lika; «di er saa vanskelige paa det, selv di beste Damer.» Hja! sukka Gram. No var ho forlova med Peter Tordenskjold; quod felix et cetera; og det gjekk visst godt; dei høvde ihop dei tvo; dei var likso kjønslause den eine som den andre.

«Hvad behager?» sagde Georg.

«Aa jo saa Gu,» svara Gram; dei fleste er likso kalde som dei ser ut til. Strakst etter heldt han fram: so øydelagde er daa ikkje me Mannfolk; me hev daa Natur enno, me.

Daa lo Georg. Og han sette til og svor, at Natur hadde ho daa visst, den han skulde ha; han visste det; «for jej gifter mej, Satan lyne mej, med min Elskerinde!»

Gram sette Augo og spurde um Georg var sentimental. Slikt skulde ein ikkje gjera. Det vart Skandale. Ein skulde vera korrekt. Comme il faut skulde ein vera. Ikkje noko slikt sentimentalt Tøv; baade Georg og ho kom til aa trega det.

Han tale lengi og ihùga; Georg svara, at Tingen var avgjord. Kva skulde ein gjera? Han elska henne; han kunde ikkje sleppe henne; men ho klara det ikkje lenger paa den andre Maaten; ho maatte og vilde ha Prestebrev; fekk ho det ikkje av honom tok ho det av ein annan, ein som ho ikkje brydde seg um. Han kunde ikkje segja stort um det. Kvinna var ikkje Menneskje; ho var Samfund. Flokk; Samvit; Motejournal. Var ho ikkje klædd etter Motejournalen so kjende ho seg simpel; og elska ho utan Politibrev, so kjende ho seg urein, og vart urein. Mot denne aalmenne Meining kunde ho ikkje klara seg. Ho maatte ha Korsett. Korsett paa Sjæli som paa Kroppen.

Gram riste paa Hovude. Men heile Live, sagde han, heile Live! Tenk paa det!

Det er ikkje heile Live, svara Georg; det er ikkje sant, det. Ein kan ikkje binde seg, um ein vilde; Kjærleiken er fri og vert aldri anna enn fri. Samfunde krev, at ein Mann skal skrive inn ei av deim han lìver med, og lyse ut, at dei Borni han fær med henne skal vera hans lovlege Ervingar; meir er det ikkje. Sjølvsagt hev Prestane blanda seg inn; Kyrkja skal hava si Avgift av Brursengi som av Lik-kista; men Tingen vert den same for det; og kann ein ikkje faa det beste, tek ein det næst-beste.

Gram stod og stirde; ein kunde sjaa at han ikkje forstod. Nei, sagde han tilslutt; ein Lovnad er ein Lovnad og ein Eid er ein Eid; ein skal ikkje lova naar ein ikkje vil halde. Georg drog paa Aksli; Gram riste paa Hovude og gjekk; han hadde sitt Lag inn-i Piano-Rome, sagde han. –

Georg sette seg og drakk Pjolter. Han var so turr i Halsen i Kveld, og so nervøs og rar; han hadde Húg til aa «melde seg ut or det menneskjelege Samfund og drikke seg full»; det kunde vera Moro aa raake i Slagsmaal og koma paa Stasjon.

Dei tri unge Medisinarane reiste seg og gjekk. «Ska vi paa Glæden?» sagde dei. –

– Det var ein som tok Georg paa Aksli med eit lindt Tak; Georg snudde seg; det var Laurits.

Vesle Laurits saag ut som det hadde hendt noko. «Det var morsomt, at jeg skulde finde dej her,» sagde han; «je maa faa tala med dej.»

Naa? sagde Georg og reiste seg. Og Laurits gav seg med ein Gong til aa fortelja um det store som i Dag hadde hendt han. Han hadde ikkje kunna sitja heime, sagde han; han var so glad; det var so utrulegt; han maatte ut og fortelja det; ja han maatte fortelja det berre for aa kunne tru det sjølv.

Han fortalde so Georg knapt kunde fylgje med; Ordi strøymde, strøymde, snaava yvi kvarandre; alt maatte fram, fraa fyrst til sist; det var i Grunnen ein Roman; det og det hadde ho sagt, og so og so hadde ho set ut, den Gongen og den Gongen, og sistpaa i Dag, daa dette store Under hadde hendt, som Laurits knapt torde tru paa. Men alt maatte gaa løynt for det fyrste.

Georg Jonathan vilde ikkje døyve Gleda for Guten; han høyrde paa med Tòlmod og gratulera; sistpaa fekk han ei Kjenning av, at det visst var noko meir, Guten hadde aa segja, noko som han vreid seg for; han tøygde dette um Festemaale so urimeleg langt. Med ein Gong slo Laurits inn i ein ny Tone og sagde: «aassen lever du forresten?»

Georg svara at han livde godt, og at han skulde gifte seg snart; med Julie Lindner. Laurits gratulera av Hjartans Grunn. Men –. Han snudde seg halvt burt. Og so kom han att med same Spursmaale: «ja; men aassen har du det forresten ?»

Georg hadde det berre bra for Resten.

Daa fann Laurits Utveg. «Ja nu,» sagde han, «naar du gifter dej, blir du vel fri for dine Sorger, Tjenestepigesorger og –; aassen synes du forresten om den Tjenestepigen, jeg skaffet dej?»

«Hun er gal,» svara Georg; han saag paa Laurits med uvisse Augo. «Hver Gang jeg kommer hjem, venter jeg at hun skal ha hengt sej. Hun har nok været Teologen nærmere enn du tror.»

Laurits hadde snutt seg heilt burt; han saag ein Kjenning der inne, sagde han, og var burte som ein Skugge.

Georg stod og saag etter han eit Grand. So riste han paa Hovude og sette seg. Var det noko i Vegen med Guten?

Der sat Bjølsvik med tomt Glas og tala um Kunsten, som «hadde det so magert som ei Loppe paa ei Grind»; Juristane brydde seg ikkje om Kunsten; Bøndane brydde seg ikkje um Kunsten; Grosserarane gav Kunsten Fanden; og Bladi –; dersom Skreddar Hansen heldt Foredrag paa Rasmussalen um det absolute Veto, so hadde Bladi tri Spaltur um det, og dersom ei Kjering braut av seg ein Fot, eller ein Unge vart hala uskadd upp or Akerselvi, eller dei fann ei stor Potet paa Ringerike, eller dersom ein Hane varp eit Egg – ha, ha, ha, ha! det vart Laatt av dette. Nei; vilde ein tena Pengar i dette Lande, heldt Bjølsvik fram, so skulde ein halde Grise-Sirkus, og Loppe-Sirkus, eller vise fram Lus paa ein Tjørekost; – meir Laatt.

Ein Vinstremann forsvara Storthinge; det hadde ofra so mykje paa Kunsten som ein kunde vente; serleg nemnde han Diktarlønine. Ja, Diktarlønir; det var noko anna, sagde Bjølsvik; dessutan, Diktarar –; naa! han forstod ikkje kvifor dei skulde vera so gjæve. Kva kunde dei? Dei gav seg ut for aa skildre Live; men det kunde dei minst. Dersom ein Diktar vilde skrive upp berre det, som var sagt her i Kveld – ja, det hadde vori tala mykje Ungkarsmaal her i Kveld –, so kom han paa Tukthuse. Nei; Diktarane, dei kunde skrive «Schøne Minka» og slikt noko; det kunde dei; men skildre Live –; ikkje Tiendeparten av det som gjekk for seg kunde dei nemne. Skildre Live, naar dei ikkje kunde brùka eit Ord som –; Bjølsvik nemnde Orde.

Skòdespelar Hornemann gjekk og svinsa att og fram i Romi og sulla paa ei Vise; det var ei svensk ei, som han elles ikkje kunde:

«Uti mina unga dagar var jag alt en vacker kar, og ved at lystre dygdens lagar fick jag se, hur godt det var. Trala lala, lala, lala –»

So kom han og slo Georg paa Aksli: «Godaften, Ettermann!» sagde han. «I Dag mej, i Maaren dei»; og han rusla i Veg att.

«Trala lala, lala, lala, trala lala, lala, lala, som Gud vil, jag står still; som Gud vil, jag står still.»

Men han kom att. «Vogt Dem!» kvæste han; «hun er en Hulder! Deilig at se til; aa, deilig; men hul! Ikke Blod, ser Di! Ikke en Draape Blod.

Trala lala, lala, lala, trala lala, lala, lala –»

«Aldeles spillende gal,» murra Georg. Bjølsvik hadde lagt Merke til dette siste; han sagde: «Nina Bøckmann har nok vært vond med Hornemann.» Aa, var det henne, han snakka um? spurde Otto Nielsen. «Forresten holder hun sig forbanna bra, den Fru Bøckmann.» «Hun blir bare vakrere,» sa Georg tankespreidd; han tromma med Fingrane paa Borde.

No var nok Hummelvik full. Han skreik yvi Borde til Georg Jonathan: «Er ikke Di Filosoff? Er ikke Di Filosoff? Om Forladels, er ikke Di Filosoff?» «Nei Gud bevare mej,» ropa Georg. Hummelvik heldt paa: «Omf´ladels, Omf'ladels; men er ikke Di Filosoff?»

Daa Georg ikkje svara, slutta han; so sette han seg til med Hovude i Hendane og smaasnakka; tok sistpaa til aa syngje. Han hadde ein litin mjuk, slørd Tenor; og Visa hans skar seg i spede Tonar gjenom Rome som ein Syrjesong.

«Aa Olav fraa Brurebraat fram for si Gjente skrid: aa hu deg og hei paa ein Laurdagskveld! no reider du Kvila di. Hei! Bryllaup til Mikjaalsmess. Til svara Turid, ho vart so heit i Kinn: Kvila er reidd, men aldri for deg! no ventar eg Guten min. Hei! Bryllaup til Mikjaalsmess. Aa Olav fraa Brurebraat, han var no like sæl. Gjekk etter Rein paa høgaste Fjell, der slo han seg ihel. Hei! Bryllaup til Mikjaalsmess.

«Ja, ja», sagde han, «Gud hjælpe oss alle som syge og sorrigfulde er, hvad enten vi ere fjern eller nær. Du? Du?» han vende seg til den, som sat ved Sida av han; «Du? vét du hva?» og so gav han seg til aa tala um Kona si. Ho var so, og ho var so; og dei sagde so tidt til han: du Hummelvik, du skal skilja deg med Martine Men det vilde han ikkje. Nei. Det vilde han ikkje. Aldri i Verdi. «Hør her, hør her, vét Di hvad? Vét Di hvad? Aldri i Verden. Hør; vét Di hvad? Vét Di hvad?» Han lagde Armen um Halsen paa den han tala til og kviskra; lagde seg so attende i Sofahyrne og vilde sova; eit Par av dei eldre maatte i Veg og hjelpe Mannen heim.

Gabriel Gram viste seg; han var noko fløven aa sjaa til; eit Grand ustød, og heller bleik. Han tok Georg i Armen og bad han fylgje med inn i Piano-rome. Georg fylgde. Paa Vegen sagde Gram heile Tidi: «Di; oprigtig talt, Di skal ikke gifte Dem med Deres Elskerinde.»

Det vesle Pianorome var fullt av Folk og Tobaksrøyk. I Sofaen sat ein eldre Herre med bleikt Aasyn og svarte Lokkar og tala, endaa ingin høyrde paa'n; dei kundekonversere dei gamle, sa han; dei hadde Konversasjon; me kunde berre disputere og halde Foredrag. Den gamle dansk-tyske Kulturen døydde ut; dei Folk me no hadde, var Uppkomingar, Grosserarar, «Halvfinhet med Prætangsjoner». So var daa og Intelligensen servil; alt halvfint var servilt. Dei gamle kunde bøygje Rygg dei, men var like stive i Karakteren; slo Hs. Maj. Kongen Hatten av Statsraaden sin, so maatte so pinedød Hs. Maj. sjølv bøygje seg ned og taka Hatten upp att; men no laag dei fine paa Kne og bad Hs. Maj. «naadigst» binde Hendar og Føter paa oss med eit absolut Veto. «Bravo!» sagde det rundt Borde; dei hadde vel høyrt dette siste.

Lage hadde skilt seg sund i Smaahopar; Folk gjekk og kom; yvi det heile laag Tobaksrøyken som eit tett Draumslør. Ved Pianoe sat ein høg, ven Gut og spéla; for den nedre Bordenden sat tvo unge Fyrar og gjorde Kattemusik: «mjau! mjau!» men inn-imillom sagde den eine av deim med halv-dansk Ut-tale: «vil du prøve Kærligheden.» Ein og annan reiste seg og heldt Tale; det vart sagt Bravo kvar Gong dei gjorde ein Stans. Ein ung Gut tala for Kvinna; Skaal for at Kvinna maatte forstaa oss! Georg Jonathan sagde med eit høgt, skarpt Maal som vart høyrt: ho vilde lære aa forstaa oss, dersom ho var her! «Nei! nei!» vart det ropa; her vilde dei ikkje hava henne.

Han ved Pianoe – Nils Bugge vart han kalla – spéla og song.

«Eg veit ei lita Gjente ja, eg kjenner 'a so vel, eg veit ei lita Gjente nord i Skogen»;

men han fekk ikkje synge ut. Eit gnelt Maal ropa: «lat oss naa faa noe lidderli! Og strakst kom fleire; «ja! ja! noe lidderli!»

Nils Bugge gjekk fraa Pianoe. Det var ein som sagde til han: «Herregud, kann Di ikke synge den som Di lærte paa Eksermoen ifjor; jeg har hørt Di har sunget den før.» Men Nils Bugge forsikra at han song ikkje den Visa lenger. «Jeg sang den noen Ganger,» Sagde han; «men hver Gang var det som der var overgaaet mej en Skam.»

Av dette vart det Ordskifte, so at ein som freista med «noe lidderli» laut slutte. Nils Bugge vart heilt upp vond: «man kann holde sej ren!» skreik han. Gabriel Gram, som no sat ved Borde og drakk Champagne, snudde seg og spurde um Herr Bugge kjende nokon normal ung Mann som han trudde var rein. «Jeg er ren!» svara Nils Bugge og rette seg upp; han saag paa Gram med stolte Augo. «Ja men er Di normal?» spurde denne dauvt; han drakk meir Champagne. Bugge visste ikkje kva Herr Gram meinte med normal; men det visste han, at han upp gjenom Aari hadde ført ein Strid med seg sjølv so hard, at han hadde lòti brùka all si Magt; og endaa hadde det ikkje vori meir enn han klara det. Mang ei Natt hadde han ikkje tort leggje seg, men hadde drivi att og fram paa Golve som galin; han hadde havt det so vondt at han kunde ikkje fortelja det; men han hadde alltid havt det for seg, at han ikkje vilde gjera noko som han sidan skulde trega; og han hadde vunni; han hadde vunni! «Skulde det være saa'n Moro aa gaa sine beste Aar bort i Strid med sej selv?» sagde Gram. Nei, svara Bugge; men ein vart Mann av det!

Ordskifte vart ned-døyvt med Skravl og Skraal og ufjelge Visur; Georg heldt ikkje ut lenger, men gjekk. Nils Bugge fylgde; «nu er Bunden naaet,» sagde han. Midt paa Golve stod ein høg bleik Fyr og heldt politisk Tale; med seint, rolegt Byraakratmaal forsikra han, at Hs. Maj. Kongen «ubetinget havde absolut Veto i Grundlovssager»; han «maatte med den største Bestemthed fastholde som et afgjørende Moment – –»

I den Stundi sovna Minne for Gabriel Gram; Minne og Umtanken. Berre ein liten Flekk i Heilen hans vakte enno.

Paa den Flekken steig det fram eit Bilæte: eit lite ljost, koselegt Rom med raude Veggir, og i det Romet ei Gjente i kvit Nattbunad.

Han reiste seg av Stolen; fann ein Hatt som ikkje var hans; gløymde Yvi-skorne og rusla.

Som ein Ring i eit Tryne drog det fagre Bilæte 'n av Stad; trygg som ein Svevngangar tok han Vegen nedyvi til Vika.

Det hadde slìti og regnt litegrand; no blés det vaatt og svalande. Men Vaar var i Lufti; i Morgo maatte det vera Sùmar. Maanen var høgt uppe og klaar; Skyine dreiv yvi Himilen graakvite og hastande som Røyk av ein Verdensbrand. Gabriel Gram sjangla litegrand stundom, men visste det ikkje; han tenkte aldri det Grand, og hugsa ikkje lenger att-ende enn til sine eigne Hælar.

Fullt av Folk var det all Stad; men det gaadde han knapt. Heldt berre fram, Gate etter Gate og Smòg etter Smòg; rett som det var stod han ved Troppi.

Det var ei Utanpaa-Tropp; ho gjekk beint fraa Tune upp-aat Lofte. Den stavra han upp-gjenom med stort Stræv; Kroppen var vand aa styre; men upp kom han.

Han gjekk inn gjenom ein Gang; der var kol-svart. So kom han til ei Dør; der stansa han og lydde eit Bil.

Der var Mannfolk inne. Eit lite svevnugt Maal som han maatte ha høyrt fyrr, sagde med halvdansk Ut-tale: «vil du prøve Kærligheden.»

Han banka; ei Gjente i kvit Nattbunad kom og glytte paa Døri. «Blir du snart alene, Emilie?» spurde han. «Ja, nu ska je snart faa dem ut,» svara ho; «kann du ikke komme igjen? Kom igjen om en Stund! kom igjen om en halv Time!»

Han sjaka i Veg att; banna halvhøgt; stavra ned Tropp med stort Stræv; gjekk ut gjenom eit Portrom og var paa Gata.

I alle Vindaugo var Ljos; alle Stadir var det Mannfolk. Han banka stundom, men fekk alltid same Svare: «ikke alene.» «So dra til Helvite.»

Kvar han gjekk og ikkje gjekk, kom han alltid att-ende til dei same Stadine, og fekk all Stad same Svare. Og sliks Slag kunde det vera.

Folk var det all Stad; inne og ute. Han raaka Flokk etter Flokk; dei rødde og lo eller song og skreik; Konstablane hadde Paalegg um aa brùka Konduite i Dag; det var den syttande. Men stundom kom einslege Fyrar vandrande, med Hatten ned i Augo og Kragen uppbretta; det var slike som visste kva dei vilde, skikkelege Folk med «reelle Hensigter» …

Det livna so smaatt i Hovude paa Gram. Den vakne Flekken vart større og større, og han tok til aa faa Idear. Huff, alle desse Ægtemennar og Festemennar, som snikte seg um her paa forbodne Stadir med Halen millom Knei; aldri i Verdi vilde han vera i deira Skinn. I Morgo fekk han ein fæl Dag; han visste det nok. Men det gjorde ikkje noko; slikt hadde han klara so mang ein Gong.

– «Ikke alene.» «So dra til Helvite.» No vilde han heim.

Han tok til aa faa Augo upp; og han saag Folk som han kjende. Fleire som han kjende. Fine unge Gutar, og skikkelege eldre Herremennar, som visst aldri vilde vera ved um Dagen, at dei hadde sett sin Fot her. Men det gjorde inginting. Naar han raaka deim att, skulde dei ikkje sjaa ein Smil um hans Munn; og han visste, at dei vilde vera likso finfarande mot honom. Og so vilde alt vera ein Draum.

Gram fekk ein Tanke; «Varulvar», sagde han. Det var ein god Idé. Ein kunde skrive ei Bok um det. Varulvar. Hm. Vene Gutar um Dagen, Varulvar um Natti …

XII.

Helene flutte ein Dag i Slutten av Mai.

De reiser vel heim? spurde Georg.

Nei, svara ho; det var det siste ho vilde gjera.

Hadde ho ikkje Foreldre?

Ho svara at ho hadde ei Mor; men det var Mori som minst maatte vita at dette var hendt henne.

Men kannhende Helene hadde ein ho kunde gifte seg med?

Nei; ikkje no.

Ho hadde vori trulova eit Par Gongir; og den fyrste Gongen visst. Det var heime, det. Men dei hadde vori unge den Gongen; og ingin av deim hadde aatt noko; so skulde ho til Byen aa tena, og han skulde vera paa Prestegarden og tena; men der fann han ei halvgamal ei som aatte tredive Dalar og Helvti i ei Ku; og so tok han henne.

Men den Fyren som hadde ført henne i Ulykke, han kunde vel hjelpe henne?

Haa-haa nei. Det høyrdest mest som ho lo.

Ho visste altfor godt med seg sjølv, kor stor Hjelp ho kunde vente av Studenten. Han hadde vori her for eit Par Dagar sidan. Kom luskande som han hadde gjort noko vondt. Aldri hadde ho set slik Modløyse paa eit Mannfolk. Det var so ho hadde vondt av han. Og han tagg og han bad paa sitt arme Liv, at ho ikkje maatte gjeva upp honom til Barnefar. Ingin maatte vita um dette. Han var ein øydelagd Mann, dersom Folk fekk Tak i det. «Di har vel alltid nogen annen, som Di har vært sammen med?» hadde han spurt. Det var ho vond paa han for enno.

Men stakkars Gut; det var ikkje greidt; han hadde ein Prest aa svara fyri. Ho hadde tott Synd um han og lova so halvt, at naar han vilde hjelpe til det han kunde med aa faa Barne uppfødt, so kunde vel alltid ho dikte upp ein Far. Det kunde ikkje skilja nokon. For henne sjølv vilde det endaa vera best; det var større Skam aa gjeva upp ein Student, daa alle maatte vita at ein Student kunde ho aldri ha havt Von um aa bli gift med.

– Nei; ho tok det uppatt; av Barnefaren kunde ho ikkje vente Hjelp. Han vilde nok halde seg ifraa. Stakkars Fyr; han hadde visst nok med seg sjølv, han.

Georg saag paa henne som ho der stod, graableik og stiv, med turre, taarelause Augo; han undrast paa, kvar i Verdi Menneskje tenkte aa gjera av seg.

Kven Syndaren var spurde han ikkje um. Men av det ho sagde fekk han den Tanken, at det vanskeleg kunde vera Teologen. Kunde det hende, at hans snilde Systkenbarn for fyrste Gong i sitt Liv hadde sett i han ei Lygn?

De hev ingin aa halde Dykk til? spurde han.

Nei.

Og ikkje Pengar.

Jau, ho hadde att eit Grand i Spareskillingsbanken av det som ho hadde sett inn i den Tidi ho tenkte paa han i Prestegarden.

Med ein Gong kasta ho seg flat ut-yvi Kjøkbenken og hikstegrèt.

Men ho reiste seg og svelde Graaten strakst.

Jau; ho hadde ein aa halde seg til, sagde ho. Det var ein som heitte Juberg. Han hadde leigt Rom til henne, og lova aa skaffe henne noko Saum; og sidan skulde han nok finne ein Plass til henne, hadde han sagt.

Juberg. Jaso. Men same Herr Juberg var ein Fyr som ho ikkje skulde hava noko med.

Ho svara, at ho fekk nok Tid til aa hava med han. Her var ikkje onnor Raad. Dessutan, det kunde vel vera det same kva Veg det bar med henne, slikt Svin som ho var.

Georg fekk ei Sinne-Rid. Ja visst, sagde han! De er eit vaksi Menneskje og eit friskt Menneskje, og so er De eit Svin. All right; far til Helvite! – Han gjekk fraa henne, raud i Skallen.

So drog Helene. –

Ho skulde bu paa Grønland, hjaa Madam Paalsen. Det var ei Kjering som livde av aa taka imot slike.

Ei snild Kjering skulde ho vera, hadde Juberg sagt. Ho var knapt yvi 30; der var enno noko i Andlite som var friskt. Naar ho tala smilte ho, endaa ho hadde misst eit Par av Framtennane. Ho hadde eit brusti blidt Kjeringmaal og var urimeleg søt i Ord; Helene lika henne ikkje. Men Madam Paalsen tok paa seg all Ting; alt skulde ho greide. Ja ho skulde skaffe Barne baade Far og Mor, um «Jomfrua» ynskte det. Helene svara, at det fekk ho tenkje paa.

Sjølv hadde Madam Paalsen Huse fullt, tvo i eit Rom og ei i eit anna; men i Bakgarden budde ein Skomaker, som ho fekk laane ei Stogu av. Skomakaren hadde misst Kona si, so no kunde han hjelpe seg med Verkstaden aaleine; den kunde vera baade Stogu og Soverum og Kjøk og Verkstad. So fekk Helene Stogo ovanpaa. Ei Tretropp førde beint fraa Tune og dit upp. Gjenom ei Ytredør som ikkje var til aa faa att kom ein fyrst inn i eit laagt Rom, innreidt til aa vera Bustad; der var Komfyr, so det kunde vera Kjøk; og der var Bord, og Rom til Sengir; paa Veggen hekk «Den gode Hyrde» og «Die Hochzeit». Fleire Glasrutur var utslegne; men endaa var der ufriskt; der var ein Tev som minte um Gamalost. Fraa dette Rome kom ein gjenom ei skral Dør med ubrukelege Laasgreidur inn i den Stoge som Helene skulde hava. Der var snart-sagt hyggjelegt. Der var endaa Sofa, ein stor Sofa klædd med svart Skinn, og ei Stoguklokke som stod, og eit Kraaskaap, og ei urimeleg svær Seng, stoppslitne Stolar stod her og der; paa Veggen hekk Prinsen av Wales og Carl XV med baade Glas og Raamur.

Lufti var ikkje god; Kona til Skomakaren hadde døytt her, og dei hadde røykt etter henne med Svovel. Men sidan hadde dei lufta heile Tidi, forsikra Madam Paalsen; og dersom ein vilde brenne eit Gran Røykverkspapir so ender og daa, so vart her reint godt.

Helene sat for opne Vindaugo all Dagen og sauma, mest for Madam Paalsen. Dei andre Gjentune som budde der hadde ho ikkje noko med. Dagen etter at ho var komi vart ei av deim usams med Madam Paalsen; og so stod desse tvo ute i Tune ei lang Stund og skamskjelte kvarandre. Gjenta reiste; ei ny kom att.

Det var jamt Uvenskap dernede. Um ei Stund reiste ei Gjente til; Kjærasten kom og tok henne med seg; det var ein fin Kusk. Men Madam Paalsen trudde ikkje at Kusken var den rette Kjærasten; og daa dei drog, svor ho seg inn i Helvite paa, at ho skulde nok faa Greide paa deim.

Ei Vaskekjering gjekk i Huse; ho og Madam Paalsen var i vill Uvenskap. So kom Vaskekjeringi til Helene og fortalde alt det verste som var um Madam Paalsen; og so kom Madam Paalsen og fortalde alt det verste som var um Vaskekjeringi. Ein Dag kom dei upp baae tvo og vilde ha Helene til aa avgjera, um Vaskekjeringi hadde Rett til aa kalle Madam Paalsen eit gamalt L-, naar Madam Paalsen, Fanden slite, ikkje hadde gjort anna enn det og det. Men Vaskekjeringi forbanna seg paa, at Madam Paalsen hadde gjort det som verre var; og Striden vart slik, at Helene berre laut sjaa aa faa deim paa Døri.

Nede i Verkstaden sat Skomakaren og trætta med Sveinen sin, som han ein Gong i Sinne hadde kalla Tjuv. Sveinen hadde ikkje meir enn eit Vitne. Men so kom han upp til Helene ein Kveld og spurde, um ho ikkje hadde høyrt so mykje no, at ho kunde vitne; for daa skulde, Fanden ruske, Meistaren for Polisen. Um Kveldane kom Skomakaren heim full; daa gjekk han der nede halve Natti og tala høgt med seg sjølv og banna. Ein Gong imillom banna han «det Tøyserie ovanpaa». Ettersom det leid lenger utpaa, gav han seg til aa rangle jamt; daa kom han sùme Tidir heim med ei Gjente som han sagde han skulde gifte seg med. Var han daa god og full, so kom han upp-til Helene med Gjenta; han vilde sitja der, sagde han; Stogo var hans; og han gjorde med Stogo som han vilde, like Fanden feitt kva slike «Grisetøser» sagde. Daa laut Helene røme ned til Madam Paalsen.

Det verste var at det var so varmt. Ho sat og sveita all Dagen. Fullt av Flugur var det ute og inne; dei og Varmen gjorde at ho ikkje fekk sova um Nætane. Ho var sjukleg jamt, hadde Tannverk og vondt i Hovude og Ule; Mat fekk ho sjeldan ned. Ynkeleg rædd var ho det ho hadde i Vente; tenk om ho skulde døy. Der var mange som døydde av det; helst naar det var fyrste Gongen.

Av mange Ting skýna ho, at ho galdt for noko framifraa der i Huse, av di ho var so rædd for seg. Det maatte vera ein høg ein som var Far til den Ungen, ettersom alt skulde gaa so stilt og løynt.

Juberg var hjaa henne ein Dag; «synes Di ikke Di bor noksaa bra her?» Aa, ein kunde vel ikkje vente det betre, svara ho. Han baud henne Arbeid eller Pengar, og tala um ein svært snild Mann som ho kunde faa Plass hjaa, ein einsleg Herre. Strakst etter kom Georg Jonathan. Han vilde laane henne Pengar sjølv, sagde han, dersom ho jaga fraa seg Juberg. Det gjorde ho meir enn gjerne; og daa Juberg næste Gongen forstod, at ho klara seg utan honom, banna han og gav vondt.

«Men vi træffes nok igjen,» var det siste han sagde til henne.

Smaatt um Senn vande ho seg til Live her. Og ho lærde aa bite fraa seg. Vart Madam Paalsen vill, kunde Helene segja henne Sanningi so ho tagna. Og naar ho kom og vilde laane Skillingar, som ofte hende, svara ho nei. Skomakaren gav ho paa Tranten ein Kveld, so han ikkje kom att oftare med den Fillefyrkja si. So vart det svalare i Vêre; og Helene kom seg so smaatt. Siste Helvti av Juli var det regnlegt og svalt; det meste av August like eins; og so kunde ho koma ut ein Gong imillom no, daa Kveldane tok til aa myrkne.

Ho fekk barnvondt ein Laurdagskveld i Fyrstningi av Oktober. Jordmor sende Madam Paalsen Bòd etter; ho var halvfull daa ho kom. Helene hadde vondt yvi all Maate. Det var ikkje berre det med Barne, sagde Jordmori; det var noko anna attaat; og det einaste som kunde hjelpe for det var Brennevin. Der var ei Gjente i Huse som hadde ein Skvett Konjak; men den vilde ho ikkje vera av med; det var ikkje aa faa att fyrr um Maandagen no. Helene stridde igjenom ei fæl Natt. Daa Morgonen kom, og ho ikkje kjende seg god til aa halde ut slik Pine lenger, fann ho paa aa sende Bod til Georg etter Konjak. Han hadde ikkje; laut ut og laane; langt um lengi fekk ho det vesle han torde sende; det meste gjekk elles i Madam Paalsen og Jordmori. Mot Kvelden kom Barne. Det livde, men saag skralt ut; Jordmori sagde: «jæ tænker det er best vi døyper dæ', jæ.» So døypte ho det. Det skulde ha heitt Hilda etter Helene; men Jordmori tok i Miss og sagde Gunda. Det kunde elles vera sliks Slag.

Helene laag lengi. Ho hadde ikkje so vondt nettupp; men ho tottest tydeleg kjenne, at det var noko som den hardhendte Jordmori hadde rìvi sund i henne. Og ynkeleg kraftlaus var ho. Daarlegt Tilsyn fekk ho av Madam Paalsen au, so det var eit Under at Live hekk i henne. Endeleg kom ho so vidt, at ho kunde vera uppe ei Stund um Dagen; sidan gjekk det fort fram. Barne stelte ho etter sitt beste Vit; og det saag ut som det skulde faa lìva. Det var svært rolegt og stilt. Snild Gjente; skreik gjorde ho mest aldri.

Helene var glad i Barne sitt; der var Selskap i det. Naar ho var uppe sat ho og sauma paa Barneklædi, men helst paa Daapsskjorta; og dette Arbeide var hyggjelegt. Ender og Gong gjekk ho burt aat Sengi og saag etter um Barne sov. Og Barne sov mest alltid. Daa kunde ho kjenne seg glad; og ho bøygde seg ned mot det sovande Andlite og sukka; ja, sov du, Stakkaren! du skal ikkje lide vondt, so lengi eg kann hjelpe deg.

Men so var det det, at ho snart laut tenkje paa aa faa Barne burtsett. Det gjekk ikkje for henne aa lìva lengi paa denne Maaten; og ho fekk dertil stræve for tvo no. So sat ho og braut Hovude med, kvar ho skulde gjera av vesle Gunda; men det var tunge Tankar; for det var ikkje sagt korleis Gunda fekk det, naar ho kom til framande.

Naar Helene sat og tenkte paa dette, kunde ho bli so sorgfull og leid av seg at ho grét. Aa nei, nei, at ho skulde ha vori slikt eit Svin; at ho skulde ha stelt seg so ulikleg. No fekk ho svide for det; og anna kunde ho ikkje vente. Men so gjekk ho burttil Gunda og kviskra til henne, og kjælte for henne og sagde at ho turvte ikkje vera rædd. Du skal ikkje lide av di eg hev fari stygt aat, sagde ho.

So var det ei Natt ho vakna, og Gunda var so underleg. Skreik gjorde ho, men paa slik ein rar Maate; skjelvande, forpint; og ho laag og bibra og vreid seg; og Andlite var myrkeraudt og stygt; Munnen drog seg att og fram som i Laatt; men Augo gjekk rundt og rundt og var liksom ville. Helene vart daudskræmd. Ho flaug upp; kvar i Guds Namn skulde ho av; ho tok i si Hjartans Naud Barne paa Armen og gjekk att og fram paa Golve med det og byssa og vogga det og grét; Barne var sjukt; Barne vilde døy; men her gjekk ho, eit stakkars Kvinfolk, aaleine midt paa Natti. Ingin Stad aa koma; ingin hadde ho aa sende. Og Barne skreik, verre og verre, og rulla med Augo liksom i Rædsle; Andlite vreid seg; Munnen lo so uhugleg stygt; forskræmd traava ho Golve att og fram; lagde Barne ifraa seg og tok det att; freista aa gjeva det Flaska, men det tok ikkje imot; lagde i Omnen so det vart varmt; endeleg gjekk Ridi yvi.

Tidleg um Morgonen fekk ho Bòd etter Doktaren. Um eit Par Timar kom han. Jah. Det var Krampe. Svært Tilfælle for Resten. Fekk gjeva Barne dette som han no skreiv upp, og so stelle det godt; han skulde koma att i Ettermiddag. Kunde det lìva? Mm –; fekk sjaa. Svært Tilfelle. Godmaarn.

I tvo Dagar heldt det paa. Um Kveldane og Nætane var det verst; men ein kunde aldri vita naar Ridine kom. Og naar dei kom var det so jammerfullt fælt. So fælslegt som Barne maatte lide. Det var so Helene kjende Hjarta slite seg sund i henne; og ho kunde ikkje hjelpe; ho saag denne syrgjelege Naudi; ho saag det alt, men kunde ikkje hjelpe; ikkje Doktaren heller, og ingin, ingin; men Vaarherre vilde ikkje. No fekk ho Straffi. Aa, ho var Skuld i alt ihop; og naar ho saag Barne inn i dei stive rullande Augo, saag ho tydeleg at det ikkje brydde seg um henne meir. Men naar Munnen drog seg upp til liksom ein stiv, stygg Smil, var det som Barne vilde segja; du heldt Moro du; men no fær eg svide. Og Madam Paalsen stod yvi Sengi og skreik. Det døyr! det døyr! skreik ho; Dere kan daa vel sjaa at det døyr!

Helene hadde vakt ei halv Natt og ei heil; og no kom den tridje. Madam Paalsen orka ikkje meir; ho hadde vori uppe heilt til Klokka 1 Natti fyrr; no var ho trøytt. Dessutan var Barne rolegare i Kveld. Det laag for det meste og dorma; og naar Ridine kom var dei ikkje so vonde; det einaste var den Hosten; denne skrikande stygge, Hosten; men Barne døydde vel ikkje av den. Helene visste ikkje si arme Raad. Ho torde ikkje vera aaleine; um Barne skulde døy? her midt paa Natti? Ho klara det ikkje. I si Naud hadde ho skrivi til Jonathan; men det var no berre ei Tankeløyse …

Madam Paalsen lova aa tenkje etter; um ho kunde vita nokon aa sende; men daa ho kom utanfor Døri, saag ho, at han «Fætteren» var i Farvatne. Aa haa, det er han, tenkte ho; so greider nok han det.

Daa Georg Jonathan kom inn, sat Helene der med Barne paa Fange og saag skral ut. Og der lukta av Nafta og Moskus. Ho takka han for han kom; han spurde etter og fekk ei lang Utgreiding; ho grét og fortalde, og fortalde og grét. Naa, naa, sagde Jonathan, lat meg sjaa paa Barne! Aa pytt, det er sterkt enno; det døyr ikkje i Natt. – Aa; De skulde sjaa, kor ho lid, det er Rid etter Rid, so ho fær aldri Fred; og heile den vesle Kroppen vert skaka og rìvin, so eg tóler ikkje aa sjaa det. Aa, eg er so rædd. Og so sit eg her aaleine; um ho døydde i Natt, og eg ingin hadde til Hjælp, so heldt eg det aldri ut. Og ho grét som ho sjølv skulde hava Krampe.

Det var heitt inne; men den kvævne Lukti som Rome elles hadde var no døyvd av Medisinlukt. Jonathan gjekk att og fram og tenkte. Her sit desse arme Dyr, sagde han til seg sjølv, og hev det som Hundar; og endaa grét ho yvi at Ungen skal faa døy!

Aa! aa Gud, no kjem det att! skreik Helene; aa, Gud hjelpe oss; aa, Gud Fader hjelpe vesle Gunda! aa gjev meg den Flaska; nei den der; aa Gud hjelpe deg so sant; Jonathan tok Flaska og talde Dròpane upp i ei Te-skeid; Barne fekk deim, so godt som det lét seg gjera. Men Ridi kom. Vesle Gunda laag og bibra i Reivane sine; det skalv og drog seg i kvar litin Lém og Léd; Augo gjekk sanselause rundt; Munnen vreid seg og smatta, smatta; Graaten sangra og skalv so hjelpelaus og so rædd; men fram or den forpinte vesle Bringa skar det seg med ein Gong eit Skrik, eit stygt, langt Skrik, villt og fælt, midt imillom Jammer og Laatt; det var Hosten; Barne skulde hoste, men hadde ikkje Kraft til det. Aa Gud, Gud! grét Mori hjelpelaust og saart; grét utan Taarur, for ho hadde ikkje fleire. Jonathan tok Overfrakken av seg og sette seg; han vilde vera her i Natt.

Ridi gjekk snart yvi; Barne laag der som i ein Dorm. Ho er so trøytt, sagde Helene; soleis hev ho legi og stridt i tri Dagar. Stakkars Arming, som skal lide so uskyldigt. Og ho grét ved Tanken; men det var ikkje Graat; det var berre Andlite som vreid seg, so kvar Sege steig blaanande fram gjenom den matte, sveitte Hudi. Men Barne laag og anda so tungt; stundom mimra det med Munnen og smatta, eller saag upp med øre, stygge Augo utan Vit. Men inn i dei Augo stirde Helene jamrande; ho liksom leitte etter Barne sitt i deim, men fann det ikkje.

Slik sat dei ei lang Stund; Jonathan trega mest paa at han hadde sett seg til. Det var faavist i Grunnen; sentimentalt; Ungen krepera visst ikkje i Natt. Men naar han saag paa Helene, forvakt og utgraati som ho der sat, slo han seg til Ro att. Det kunde hende ho kom til aa trengje um Hjelp endaa.

Helene sat heile Tidi og vogga Barne paa Fange og stirde paa det med raude, svulne Augo. Sistpaa saag han at ho var aat aa somne; ho slakna av og seig ihop; det jammerleg skrinne Andlite folna og stivna; ho raadde knapt med seg. No legg De Dykk, sagde Jonathan. Kjem det noko paa, skal eg vekkje. Ho skvatt upp. Nei; ho torde ikkje. Sat ei Stund og tvinga seg; so kom Svevnørska paa nytt. Jonathan reiste seg; tok Barne fraa henne og lagde det burtpaa Sengi. Ho etter. So; legg no De Dykk der. Ho var so svevnug at ho ikkje samla; ho krabba seg upp, arm, mager, sveitt yvi den gulbleike Panna, eit ihelsprengt Dyr … Vekk meg endeleg, vekk meg –, sa ho og sov. Jonathan saag paa henne; riste paa Hovude; sette seg.

Endaa vel, so lengi Barne var rolegt. Han tok ei Bok som laag millom Koppar og Medisinflaskur paa Borde; det var Mauritz Hansens Forteljingar. Hm; slikt her? Han sat og bledde i Boki; allting handla um Kjærleik. Men i denne Stundi lika han ikkje aa lesa um Kjærleik. Han gleid inn i Sogo um Palmyra og Dronning Zenobia. Det var lettande aa lesa denne øre magnetiske Draumen; so slapp han aa tenkje. Ender og daa høyrde han Barne sangre litegrand; men han lèt Helene sova. Stundom laut han sjaa burt, um ho livde; ho laag der som eit burtkasta Plagg; rørde seg ikkje. So gav han seg paa nytt i Lag med Dronning Zenobia i Palmyra.

Men det var ikkje Zenobia og Palmyra; det var Sara og Abraham. Og Sara lét Abraham gaa inn til Hagar; og daa dét var gjort, vart Hagar jaga Fanden i Vald. No laag ho ute paa Viddi og fødde Esau; og det var reint paa eit Raam, um det kom ein Engel og gav deim Mat og Vatn. Og Gud veit kvar Hagar vart av; men Esau vart ein Lausunge og ein Laban, som ingin vilde kjennast ved; og Ismael vilde ikkje gjeva han Rett med seg, um so Esau for det baud han alle sine Skinnfeldar. Her inne paa det gamle Lofte, der han no gjekk og dreiv, kunde han inginting sjaa; men ein Prest stod og eksaminera han i Pontoppidan; og den kunde han ikkje. Dersom han endaa kunde faa fat paa den rette Georg Jonathan; men han gjekk der uppe i Kore og stelte med nokre Skinnfeldar. Det var ikkje Skinnfeldar. Det var Prestar; og no kovn dei skridande ned Kyrkjegolve med Hendane ihop yvi Bringa og sagde Amen; for no var det slutt. Barne hadde døytt; no skulde det i Jordi. Han stod sjølv og skulde slaa Lóke paa Kista. Men han fekk det ikkje til; Ungen laag og fikta med Armane og skreik – skreik ja.

Han skvatt upp.

Barne laag i ei ny Rid; det var blaaraudt i Andlite; Maalet skalv i Halsen paa det, so Jonathan vart nervøs; han gjekk burt og saag paa det; stod ei Stund og drygde; kanskje gjekk Ridi yvi. Men so kom dette Skrike, dette ville, himilropande Skrike, midt imillom ein Helvites Laatt og ei Helvites Jamring; det var til aa faa vondt av; han vilde vekkje. Men Helene reiste paa seg i Svevnorom; ho kunde ikkje faa upp Augo, byssa paa Barne sitt med bleike, sovande Lippur, og stelte um det med magre kvite Hender som skalv. Og ho sukka av Svevn, men byssa og byssa, so tagna Barne, og ho seig attende i den djupe Svevnen sin; hadde visst berre drøymt.

Men ut ikring Klokka tvo maatte han vekkje. Der kom ei Rid som ingin Ende tok. Helene drog ein Sukk so saar som ho skulde døy, og arbeidde seg upp or Svevnen som or eit djupt Vatn. So kravla ho upp; reiv Svevnen or Augo; sette seg paa Sengekanten med Barne paa Fange. Ho gav det Dropar og bad halvt i Ørska for det til Vaarherre.

Det vart ei sver Rid. Den stygge Hosten som ikkje kunde verte til Hoste, den kom att kvar Stundi, og skar seg gjenom den tunge Lufti som Rop or Helvites Pine. Aa Herre Gud i Himilen, bad Helene; aa Herre Gud Fader i Himilen hjelpe deg, vesle Armingen; aa Herre Gud hjelpe deg, som lid so uskyldigt. Ho tok det uppatt og uppatt; Jonathan sat og høyrde paa; og det sette seg ein Knute i Halsen paa han som han ikkje kunde svelja.

Ridine gjekk paa i burtimot tvo endelause Timar.

Helene tok til aa beda til Jesus; og ho kava og stridde og leid med Barne sitt alt det ho kunde, men utan Nytte. Ho bad ikkje lenger um Frelse for vesle Gunda; ho bad berre um at ho snart maatte faa døy. Aa Herre Gud, kom og tak henne; aa Herre Jesus, kom og forløys henne, bad ho; og nyfødde Taarer draup or dei raude Augo og rann nedetter Nosi i tunge salte Dropar. Men det gjekk Minutt etter Minutt, Minutt etter Minutt; og det vart fem Minuttar; og fem Minuttar til; og tie Minuttar; og eit Korter, og endaa eit Korter …

Vesle Gunda laag og stridde og kunde ikkje faa døy. Ho hadde ei Rikling i Halsen, so ho stundom vilde kovne; fekk Dropar eit Par Gongir, men det nytta ikkje. Og det var so vondt for henne aa svelja. Lat det vera, sagde Jonathan.

Med ein Gong saag han, at Helene vilde siga i Uvìt. Ho falma i Andlite; og Armane seig valne nedetter henne, so Barne vilde velte paa Golve. Jonathan upp; fekk Tak i henne; gav henne Vatn og Nafta. Snart etter stilna Barne av. Andlite var ikkje so blaatt og stygt som fyrr, snarare gult; men i Lampeljose vart det gule bleikt. Jonathan tok til aa tala um, at no fekk det kannhende sova ei Stund; og so vakna det styrkt i Morgo. Men det var den Riktingi i Halsen. Og so dei Augo som var so øre og stygge og med denne perlande Sveitten ikring; og Nosi var so kvass aa sjaa til; og Munnen smatta og smatta. Helene sagde inginting. Berre ender og daa kom ho ramsande med sine Bønir: aa Herre Gud, lat henne sleppe no; aa Herre Jesus, lat henne ikkje lide lenger. Jonathan hadde aldri livt so lang ei Natt.

Helene tok til aa snakke um Doktaren. Det vilde vel ikkje nytte stort; men det kunde vera godt aa vìta at inginting var forsømt. Jonathan baud seg til aa gaa; daa vart ho rædd; det vilde vera so fælt aa vera aaleine. I det same skreik ho hardt upp: aah! sjaa! ho vert svart! hjelp meg! døyr ho? svart! blaa! Aa Herre Gud Fader –

Jonathan flaug til og maatte halde henne uppe. Han saag Barne i Andlite; det var svartblaatt med opin Munn og uppspilde skræmde Augo som brast. Det var Dauden. Faa att Augo paa det! kvesste han i; og Munnen! Dette hjelpte henne. Ho fekk Magt yvi seg sjølv; ja, ja! sagde ho, og freista aa gjera som han sagde. Men Augnelòki var alt stive; han maatte hjelpe henne. «Er det … er det slutt?» spurde Helene, liksom ho ikkje torde tru det. Ja; no var det slutt.

Men Helene tok til, halvt graatande, halvt glad aa takke Gud for, at han hadde teki den vesle til seg. So gav ho seg til aa tala med eit lespande Barnemaal, liksom ho helsa fraa den vesle burtfarne: «no ska de ha Takk for meg; no er eg vel fari; no skal eg ikkje bli sett ut til framande Folk og lide vondt; no hev eg det godt, Mamma mi»; og ho grét, men rolegt og utan Liding.

Ja no fær De sjaa aa faa Like stelt og klædt, sagde Jonathan. Hev De varmt Vatn? De maa vaske det fyrr det vert kaldt, ser De. Ja ho hadde varmt Vatn; det stod paa Omnen og skulde vori brukt i Morgo. No fekk ho det ant med aa stelle Like, og vart meir og meir seg sjølv. Men eit Par Gongir spurde ho, um det daa var visst at Barne var slokna. For som det no laag der, ljost og rolegt og vent, saag det ut som det sov, og som det kvar Stundi kunde vakne.

So klædde ho Like i den nye Daapsskjorta, som ho hadde sauma i so mange urolege Tankar. Og daa Barne fekk den paa seg, vart det so fagert at ho vart reint glad. Ho lagde dei smaae Hendane ihop yvi Bringa paa det; retta paa Hovude som laag lite til den eina Sida; og so sagde ho: «sov no i Jessu Nam.» Men til Jonathan sagde ho: det gjer vel det same um det ikkje fær Salmebok? Jonathan nikka. So tok ho ein kvit Lereftsduk og lagde yvi Like; men ho stod ei Stund og saag paa det, fyrr ho breidde yvi Andlite.

Georg gjekk. Det var som eit Bad aa koma ut i Lufti; aldri hadde frisk Luft smaka so godt. Han tok ein Tur ut Ljabrovegen, og drakk Luft med opne, geispande Lungur.

Dauden var stygg. Han hadde berre set eit Barn døy; men endaa gjekk han her og var elgin av det. Dauden var stygg; og Live kunde me ikkje greide meir enn me var Ungar.

Fjorden smøygde seg ut millom Øyane graa og kald, ventande paa Vinter. Det grydde Morgon yvi Austfjelli. Um ein Time eller tvo skulde Folk upp og lide og stride paa nytt.

Han snudde, full av Uhug. Eit Par Natteranglarar kom slengjande, ut-rekne og leide, med raude Augo og gule Drag. Det vakna ein litin lett Morgongust, for veik til aa faa Flaum i Lufti.

Yvi Byen laag ei stygg brungraa Skodde og velte og vreid seg som Gòv ifraa Helvìte.

XIII.

Paa den øvre Sida av Dalen, i breide, rundkvelvde Bakkar, laag Bygdi med spreidde Smaaflokkar av graae Hus.

Paa den andre Sida stod ei tung, millomhøg Fjellrad, som midt for Bygdi samla seg til ei Høgd, Dalskletten. Tunnvaksne Lidir tøygde seg frametter Fjelle. Ovanum Kletten skar det seg inn ein Sidedal; der sterkna Lidi til og vart Skog.

I den tronge Dalbotnen smøygde seg ei Aa i fleire Armar, halvgøymd under høge Aabreddir, som her og der var tilgrodde med Vier-Runnar og anna smaatt.

Nyvegen drog seg flat og fin upp Dalbotnen langsetter Aadrage; tett ovanfor den laag Kyrkja. Det hadde eingong vori ei Langkyrkje av Stein; sidan var eit Tverskip av Tre tilbygt; eit lite Tòrn reid midt yvi Krossryggen. Like ved Kyrkja laag Prestegarden, som var ein Landsby av smaae Trebygningar; Heimehuse var stort og tvihøgt, gammalldagslegt, kvitmaala, tekt med Torv.

I Sumarglans og Sumareim hadde Laurits fari fraa Hovudstaden; her uppe var April. Det dreiv med eit smaatt, surt Regn; lite grønt var aa sjaa; Aai svall urolegt i det tronge Faret sitt.

Paa Prestegarden tok dei godt imot han; det vanka endaa eit Glas Toddy um Kvelden, og heile Huse samle seg i Storstogo. Presten førde Orde. Det var ein gamall snild Mann, godsleg og utan Braak; den magre Kroppen var bøygd av Aari, og Haare hans var tett og kvitt som paa ein Kanin. Fruva sat breid og blid yvi ein Bunding og spurde nytt fraa Kristiania; paa Hovude hadde ho ei underleg gamalldags Huve, og Andlite var rundt og flatt som ei Klokkeskive. Den eldste Dotteri, Bine, sat og tagde og hekla; ho var halvgamall og stygg Ein vaksin Son, Kristian, som laag heime no for Tidi og var sjukleg, gjekk att og fram paa Golve og høyrde paa; det han sagde eller spurde um, fall gjerne eit Grand underlegt i Samrøda, halvt utanfor.

Laurits var ikkje glad. Etter Morbror Brochs «Raad» skulde han liggje her i eit heilt Aar. Og kannhende lenger. Det skulde vera so godt for han aa faa «vera i Ro» ei Tid, hadde Broch sagt. Det kom fram i sjølve Samtala, at Laurits var i Ulag; Presten kom med noko som smaka Politik; strakst tok Laurits Tilføre til aa fortelja, at han var Vinstremann. Dei kunde hava godt av aa vita det. «Er det sant at Kongen er saa sint paa Sverdrup?» spurde Kristian. Presten vart tidleg trøytt; dei kom i Seng Klokka halv 10.

Sundagen etter var Laurits i Kyrkja, vilde sjaa Fjellbøndane. Han lika deim ikkje; i sine tunge Vadmaalsplogg, med breide Kjakar og smaae Skallar, med altfor ljose Augo og inginting til Nos, saag dei for honom ut som dei ikkje hadde arbeidt seg heilt ut or Dyrehamen. Minst lika han Kvendi. Tenkje seg aa elske slike tunge raudleitte Drunsedrosir med store runde Andlit, som var so friske at det blenkte i deim. Presten hadde ein ven Maate aa tala paa; det kom so rolegt og mildt; men store Talegaavur hadde han ikkje.

I den øvste Stolen paa Mannfolksida sat Lensmannen; det var ein gamall graa Bonde. Klokkaren, som hadde ein Stol for seg sjølv, var ein høg, stygg Mann med Andlite yvigrott av Skjegg og dei smaae Augo djupt innunder Pannebrunine. Han song so det skrall; han laut gjere ein Stans for kvar Strofe, daa Folke alltid kom noko etterpaa.

Heime i Huse saag ein ikkje stort til Presten; han sat paa Kantore jamt. Ved Middagen eller um Kvelden fortalde han gjerne nytt fraa Bladi, men ikkje noko politiskt, naar Laurits var inne. Derimot kunde han tala um kyrkjelege og moralske Ting. Det hadde vori ein Strid i Vinter millom Professor Thorne og Folkehøgskulelærar Meier um Ægteskape; Spursmaale var, kor mykje «den ved Kristendommen rensede og helligede naturlige Kjærlighed» skulde ha aa segja i den Sak. Presten fann at det var eit uklaart Spursmaal; Laurits kom til aa smile. Daa Presten saag paa han, liksom spyrjande, sagde Laurits paa godslegt men turt Kristiansandsk: «Det er nok Teologi, dette.» Sidan fortalde ikkje Presten noko fraa Bladi, naar Laurits var inne.

Der var faamælt i Huse i det heile. Dei unge gjekk stilt med sitt; og det var visst sjeldan at Presten og Frua tala saman. Kva skulde dei tala um. Eit heilt Liv hadde dei livt ihop; dei maatte kunna kvarandre.

Frøkni livde for den sjuke Bror sin. Han hadde det nok ikkje godt; Lesing og Elskhugssorg skulde ha sprengt Hovude hans; ho vilde faa han til aa søkje Jesus. Gamle Frua au livde for Kristian. Tidleg og seint var ho etter han med god Mat og styrkjande Drykk, og fann paa alt som ho tenkte han kunde like. Han var grettin for det meste, naar ho vilde gjera det vel; «jeg er jo ikke syk, jeg!» grylte han, eller; «hva ska nu egentlig alt dette nytte.» Naar han hadde sine vonde Ridir og gjekk og tagde eller rødde med seg sjølv, var den gamle Kona paa sitt Liv; ho var nok rædd han skulde gaa av og gjera seg noko. Men det maatte ingin forstaa.

Ein kunde segja at det var Stoguklokka som førde Orde inne; ute paa Tune var det Hønsi. Naar Mette, Husmannsgjenta, var paa Garden, kunde ein stundom høyre Laatt her eller der.

Laurits arbeidde med Emil, som var lite kvìk av seg, og med Bøkane som fall keide her uppe, og vantreivst i all denne Ro. Daa han høyrde at Klokkaren var Vinstremann, tok han til aa søkje honom. Prestefolke lika det ikkje, det saag han; men det fekk vera det same; og Morbror Broch kunde ha godt av aa høyre slikt; det vilde korte paa «Forvisningstiden».

Kvar Torsdag fekk han Brev fraa si Festemøy, Dagmar; det var hans store Trøyst. Saart og sutefullt sakna han henne; det var so det sleit i han av Lengt; men Brevi døyvde og svala, og um Torsdagen var Guten glad. Tanken um Helene var det einaste som gjorde denne Gleda uheil; og Dagmar sjølv minte han um Syndi hans. Ho skreiv um, at Mennane sette Kvinna laagt, og at dei truddest hava Rett til alt imot henne. Eit Krav um at me skulde vera ærlege og sanne mot kvarandre hadde ho uppe so jamt, at han var rædd ho kunde ha høyrt noko. Men det var nok berre Bøkar som stod henne for Hovude enno; det kom ut so mykje rart no; og i alt skulde ho fylgje med.

Ho skreiv svært aalvorsamt; Skjemt og Elskhugsdrøs hadde ho lite av. Men ho hadde sagt at det skulde vera so. Naar ein trulova seg, var det ikkje for Moro; det var for aa hava ein til aa samtala med um sine Livsspursmaal. «Gaa op i det at være forlovet» vilde ho aldri. Det var modigt av ei Dame aa skrive som ho skreiv tidt; men ho vilde vera modig; og det skulde sjaa ut som ho hadde Greide paa baade det eine og det andre. Men Laurits vart glad, naar det kom Ordlag eller Spursmaal som viste, at ho skreiv um det ho ikkje forstod. Ho vart so elskeleg for han, naar ho kom til aa vise seg eit Grand barnsleg; og svært godt lika han seg, naar han kunde forklaare for henne Ting som ho ikkje visste; men han fekk høyre eit Par Gongir paa halv Skjemt, at han var «mannfolkvigtig». Ein Gong spurde ho um noko som ein ikkje med det gode kunde forklaare for ei ung Dame, som han sagde. Ho nemnde ikkje Spursmaale meir; men ho harma seg yvi at Kvinna ingenting maatte vita. «Der kan vi se, hvor meget I respekterer os,» skreiv ho.

Ut-etter Vaaren jamra ho yvi at det var langsamt; alt Folk drog fraa Byen, og her var so lite aa taka seg til. Ho umsette for eit Blad ei Utgreiding um Kvinnesaki fraa eit amerikanskt Tidskrift: men kven las vel sovori. Det einaste som gav henne noko aa tenkje paa var dette med Frida Westgaard; «den Slyngel Falch» hadde sagt henne upp; og endaa hadde visst ho vori trufast nok; det hadde ikkje vori anna enn Smaating i Vegen, som maatte kunna lati seg skipa, um Viljen hadde vori god. Laurits tok Trøyst av dette. Ein skulde ikkje skilja Lag med Gjenta si for Smaating Skuld.

I sine Fristundir arbeidde han paa eit Dikt til henne; det skulde vera i høg Stil, Vers etter græsk Mynster. Men det skulde vera fullt av Glede; og det var liksom so faae Ord for den. Kom det eit Brev fraa henne med eit varmt Ord i, so gjekk det lettare.

Men det absolute Veto gjorde seg breidare og breidare i dei fine smaae Brevi; og snart kom dessutan Spursmaale um Tru og Tvil. Det vart forkynt i Byen, at me skulde tala um Tvilen vaar; og Dagmar tok i Veg strakst. Laurits kom i Knipe. Trui var ein Ting han hadde tenkt lite paa i si Tid. Han hadde elska Zevs og lati Katekisma gjelde. Men no maatte han til; han tenkte det beste han kunde; og det kom Tvil so tett som Flugur om Hausten,

Sæl var han, som hadde funni slik ei Møy; det var ho som skulde gjera han til Menneskje. Utan henne hadde han gravi seg ned i gamle Bøkar; klassiske Diktarar hadde alltid vori hans Liv. Dei saag so beint paa Verdi dei; gamle Homer kunde han lesa seg glad paa. Dersom han so hadde funni ei Gjente som var hyggjeleg og snild og kjærleg og kvinneleg, so hadde han vorti so sæl at han aldri hadde spurt etter meir. Gudskjelov; han var vakt; Dagmar lét 'n nok ikkje dovne burt yvi Homer, ho.

Men han bad henne hugse, at han hadde Eksamen for seg. Fyrr han fekk den, kunde han ikkje faa henne; og dessverre, det var langt fram. –

– Det var som eit Skifte i Live hans der uppe, daa han ein Dag fekk Brev fraa Georg Jonathan.

Laurits trudde ikkje Georg so godt som fyrr; han hadde Greide paa det med Julie no, og lika det ikkje. Men Georg hadde sitt gamle Mod. Han hadde ikkje bøygt Rygg, fordi um han hadde gift seg.

Ja; no var han gift. Det bar den Vegen med oss. Me vreid oss i det lengste; me fann paa alle andre Ting fyrst; men so maatte me til; det var ikkje Raad med det. Ein Mann skulde vera Forsyrgjar for ei Kvinne.

Alle hadde talt han ifraa; «og der var mange som gjorde det bedre end du, Laurits.» Endre Storr hadde vori vond. «Akademisk Tosk!» hadde han kvesst i; «disse Studenter er ubrugelige; de gaar med Ho'de fullt av Begreper!» «En Forretningsmann skal være ulastelig, uangribelig, lige fra Sløifen i Slipse til Altergangskontoen i Ministerialboka!» «Kjærlighed i et Ægteskab! den slider man ud paa en Maaned, og saa er det bare flaut efterpaa.» «Ægteskabet er Barna! De gifter Dem ikke for at faa en Elskerinde, men for at faa en Søn!» o. s. fr. «Stakkels gamle Herre,» lagde Georg til, «det om Sønnen er for troskyldigt. Naar Gutten er femten Aar, forstaar han ikke lenger Far sin; ny Generation! Nyt Jargon, nye Tanker, nye Interesser; Far er gammeldags, Far er Idiot. Alt vel! Gutten har Ret; men Gamlen faar svie.»

Det hadde knapt vori for ingenting at Storr hadde teki so i. Han sat i ei god, men stor Forretning; Mjølhandelen til gamle Thomas Storr hadde han drìvi upp og vidka ut, so gamle Sveinkallen Thomas ikkje skulde kjenne seg att her no, alt um det var Kornhandelen som enno var Hovedsaki. Men i desse Utidir, som Storr ikkje trudde vilde slutte so snart, kunde frisk Kapital og frisk Kraft ikkje gjera vondt; og Georg meinte han kunde ha gjort seg Veg her, um han hadde havt noko Pengar. «Min Principal synes nemlig om mig; og det er der ikke noget at sige paa. Jeg kunde netop være en Mand for ham.»

Men Georg vilde ikkje vera Kaupmann. Det tok heile ein Manns Tid det; og Georg vilde ikkje som Storr lìva berre for «Sonen». «Hatten af for din Fætter, Laurits! End om du en Dag ser mig i Storthinget som Fører for Socialisterne!» So kunde dei andre sitja der og tøve um Veto og Republikk og slike gamle Greidur so lengi dei vilde.

Dessutan hadde det denne Gongen vori Gjenta, Georg brydde seg um; og so gjorde han som vanleg sin eigin Vilje. Og det var han som vanleg glad for. «Der er dem, som gjør hvad de ikke vil, og stoler paa, at Vorherre skal klare Knuderne; men de Folk gaar altid omkring med Samvittighed. Du kjender ikke til sligt, du Laurits?»

Ægteskape vilde Georg likne ihop med Elvi Ganges. Hinduen heldt Ganges heilag, liksom me tala um den heilage Ægtestand. Men Ganges flaut full av Lik og Styggedom og var Kjelda til all Hindustans Pest. Og endaa var han glad for at han var Ægtemann.

Det var so lett aa hava Samfunde med seg. Han var fri Mann no. Han var so fri at han kunde hava Venir. Laurits maatte tru det var ei Komedie aa koma i Lag med Mannfolk att. I lang Tid hadde han havt denne Gjenta aa passe, og livt utanfor Verdi. Men det var ikkje godt for ein Mann aa vera aaleine. Ei Gjente var ikkje nok. Han maatte hava Manns Lag; elles vart han ein Styving.

Selskapslive var stengt for deim enno; ho hadde stelt seg so, at alt til Slutt var komi upp. Og det vart stor Skandale; «glimrende Komedie for mig, som du vil indse». Men denne Krigen skulde han klara; Endre Storr hadde han med seg alt. Dessverre; Fru Storr var ugudeleg fin; ho var Proprietærdotter fraa Lande. Men endaa skulde det klara seg.

Det beste var, at han no kunde tenkje paa aa faa Born. Det var noko anna det. Ein heilt annan Ting var det. Brutalt og stuslegt og utan Høgtid var det som Naud og Moral dreiv ugifte til; «Natur, Natur, du alene er Gud!»

Urimeleg klokt hadde dei stelt seg i den Tidi dei livde paa Frifot; han var ikkje Angelsakse for inginting. Og alt hadde falli seg so godt «som det pleier at falde for mig». Men det var Peter Tordenskjold og Frøken Johnsen og Madam Widstrup og Tenestgjenta dei hadde havt aa spyrja um Lov, naar dei vilde vera saman; og mange var dei Kunstir dei hadde funni paa til aa dylja seg burt med. Peter Tordenskjold hadde vori verst. «Rigtignok kan jeg lyve som faa, skjønt jeg ikke er rædd av Naturen»; men ljuge for Peter Tordenskjold var ein Ting som kravde serlege Gaavur. No hadde Georg lært det; dei var so upptamde i Lygn baade Julie og han, at dei naar som helst kunde taka Doktorgraden. Men det var likevel eit Mas som det var godt aa vera fri for.

Ægteskape var som Ganges; men det var det einaste me hadde. Som andre Samfundsbøtarar hadde han meint at noko var sagt um Ægteskape naar ein sagde at det var umoralskt; no vilde han segja som Maalaren Blytt: ein klarar seg best, naar ein aldri tenkjer paa Moralen. Slik ein Samfundsbøtar skulde freiste paa aa reformere Banken eller Børsen etter moralske Grunnsetningar; reformere Kreditbanken etter den Grunnsetning: du skal elske din Næste som deg sjølv!

Men Georg tottest alt kjenne kva Veg det bar. Det var ikkje det same no som fyrr aa vera saman med Gjenta si; det hadde fengi denne Usmaken av Plikt. Ho var ikkje ei fri Kvinne som han vann kvar Dag, og som gav seg av di ho elska; ho var ei Borgarkone som hadde teki paa seg den Ting aa vera Mor for Borni hans, og som med Loven i Hand kunde krevja hans Elskhug. Ikkje um dei siglde ut Fjorden med «Mylady» var det det same som fyrr. Dei maatte helst vera tri no; Nina Bøckmann, som hadde vori glup og gjort seg Godvenir med Julie, var med deim stundom. Enno var han glad i Julie; ho hadde ei Magt yvi han som var naturstridig; men Glansen var gjengin av henne; ho var ikkje Dame; ho var Dotter av ein Hotelvert. Um ei Tid kom han til aa elske henne likso «pent og lidenskapsløst og pligtmæssigt» som andre Ægtemennar elska desse bundne Kvinnur; han visste det; han kjende det paa seg. Men han kjende seg angerlaus. Han hadde forklaara henne Ægteskape; men ho vilde ikkje forstaa. Ho vilde vera «dydziret». «Ved du, hvad hun har sagt mig? Hun har sagt følgende Nederdrægtighed: 'egentlig har jeg altid tænkt, at vi skulde gifte os; ellers havde jeg ikke gaaet med, kan du skjønne'.»

Men Georg kjende den som var intelligent nok til aa forstaa kva Ægteskape var; henne skulde han vori gift med. Og han kunde ha vori gift med henne, dersom han ikkje i den Tid hadde vori bundin av nokre Smaagutdoktriner um, at det ein lova skulde ein halda o. s. fr., – liksom ein her skulde kunna lova. Men never mind! Han forstod Ægtemennar som Bøckmann og andre no; alle gjekk ikkje den Vegen, dersom det fanst ein likare.

Laurits, som trudde Georg til alt no, las dette og kjende seg moralsk. Det vesle med Helene vart so ørende lite; og at han vilde vera trufast mot den han hadde valt seg, visste han.

Men det kom ei Etterskrift, og den handla um Helene. Der var noko ertande i Maaten Georg fortalde paa; det var som dette serskilt maatte vera noko for Laurits. «Jeg ved ikke om det kan interessere Dig,» skreiv han. Det var greidt at Georg hadde Mistankar; og Laurits vart skamfull og heit. Kvi hadde han ikkje likso godt sagt Sanningi. Han slo seg til Ro med at alt laut vera det same, so lengi ikkje Dagmar fekk Mistankar. –

– Hans meste Selskap var Klokkaren, som var ein vitug og aalvorsam Mann, noko langrødug. Vetoe var det han helst hadde for seg. Men stundom fortalde han um Bygdefolke, som dessverre var lite framme i det sedelege. Prosenten av uægte Born vart større Aar for Aar, sagde han. Det vart vel til det at dei fekk skrive etter ein Utsending fraa Lutherstiftelsen. Presten var ein god Mann; men han heldt seg vel mykje til Evangelie, som liksom ikkje vilde bite paa desse Hardhausane her. Kona til Klokkaren var ung og hyggjeleg, men tok til aa sjaa kraftlaus ut. Ho hadde tri smaae; den yngste laag i Vogga. Men det viste seg, at den fjorde gjekk ho med. Laurits hadde vondt av henne og ynskte so smaatt, at Klokkaren vilde vera rimeleg og lata henne kvile eit Par Aar no. Men Klokkaren saag ikkje ut til aa vera naadig i slike Ting; og ho, Stakkar var so tolmodig. Det vart vondt aa gaa og sjaa paa dette; Laurits drog seg meir ifraa deim.

Bøndane kom han ingin Veg med; han fekk ein Mistanke um, at dei hadde eit Slags Moro av han. Dei totte visst at han var rar. Kva skulde han dessutan tala med deim um.

Det var Sùmar; Folk drog paa Sætrane; i Dalen var endelaus Ro. Lufti var høg og klaar og minte um Haustluft. Aai gjekk halvturr og drog seg i Smaastein og Sand; Vieren stod etter paa Breddine og sturde reint aaleine.

I Sùmarfritidi kom tvo unge Døtrar heim, Emma og Anna, og ein Son, Karl, og daa vart det likare. Det kom eit nyt Lag yvi Prestegarden, noko ungt og annvint, ei glad Uro som kveikte alle upp. Det var Liv i dei unge Frøknine, og Hyggje hadde dei med seg; Presten sjølv yngdest upp i denne Tidi. Millom Døtrane og Gamlemor var det som ei still Høgtid. Og so snilde som dei var mot Kristian og mot Bine, Syster si, som dei fekk med paa baade Moro og Leik. Og der var Leven og Smaaferdir til Sæters og til Fjells, og i eit stort Vatn der uppe laag dei og rodde og baska og freista Fisken. Laurits høyrde til Huse og var alltid med. Karl var ein stød, aalvorsam Gut, som han lika; Gjentungane var snilde og greide. Iser var der eit Mas med Anna; ho hadde alle Slags Ting aa fara med, og Rett vilde ho hava jamt; Laurits hadde mang ei Trætte med henne. Men dei var gode Venir i Grunnen; og dei kunde gaa i timevis og tatle og tøve, liksom det galdt aa fylle Storthingstidende. Det var ikkje um Kvinnesaki, og ikkje um Trui, og ikkje um Politiken dessmeir; aldri eit einaste Ord um dei store Livsspursmaal; dei rødde um ingin Ting; men Moro var det. Det var so trygt og unelegt aa vera saman med Anna; ein tenkte ikkje paa meir daa; alt fall likefram og greidt; men det vart aldri Tid nok; alltid laut dei skiljast midt i sine Raadleggjingar. Noko framifraa var det ikkje ved henne; ho var som Folk flest. Eit lite nett Andlit hadde ho, og eit Par glade Augo som vart aalvorlege for inginting. Store Tankar hadde ho visst aldri tenkt; det var berre Smaastell ho fór med. Men Liv var der i henne; og slikt eit Lag ho maatte hava til aa stelle i eit Hus!

Frimaanaden var elles slutt fyrr nokon vardest. Og so drog dei. Heile Huse var ute og sagde Farvel. Og dei veifta med Lùmeplogg og Hattar og ropa: Adjø, Adjø, behagelig Tur! Bine, den halvgamle, hadde krabba seg upp paa ein liten Stein; der stod ho og saag etter deim og gløymde aa veifte. Det magre Andlite folna og folna og vart so stygt. Det var som ho stod aaleine paa Strandi og saag at Baaten rodde fraa henne. Og Taarune rann og rann.

Og so vart alt stilt att. –

– Dagane gleid. Og Vikune fekk Ende; og naar dei hadde Ende, var dei stuttare enn alt stutt. Det hadde aldri hendt noko.

Endeleg hende det noko; det kom Brev fraa Georg – med Kristianianytt, og med noko som serskilt vedkom Laurits.

Peter Tordenskjold og Frue skulde reise til Italia. «Hun har Satan lyne mig giftet sig for den Tings Skyld; det er en forstandig Dame.»

Mark Oliv hadde Revisjonsarbeid for Storr; han arbeidde til Klokka 2 um Natti. Men der skal Kule til ein Trønder, meinte Markus Olivarius.

Det var eit Par Folk som lika seg ihop. Der turvtest ikkje «Lov og Statens Surring».

Um Bøckmann og Frue var lite aa segja. «De sees ved Middagsbordet.»

Maalaren Bjølsvik rangla i seinare Tid. Just no skulde han taka seg upp; Bladi roste han; ei Sæter hadde han gjort som Folk lika; og eit nytt Bilæte, «Vinterkveld», som Kunstforeningi hadde kaupt, sagde Gabriel Gram var det beste som var gjort i Lande. Men Bjølsvik var like sæl um alt no; han sat paa Grand og baktala «Kvinfolka». Han hadde Kjærleikssorg, sagde Peter Tordenskjold.

Gabriel Gram leitte med Ljos og Lykt etter ei han kunde gifte seg med, men torde aldri slaa til; for det skulde vara heile Live. Naar han var fyllesjuk, vilde han gifte seg med ei Tenestgjente.

Mange rare Sellar kunde ein finne naar ein gjekk paa Kaffihus; Georg hadde funni att sin beste Vén fraa Studenterdagane der. Romi var stuslege og Konjaken vond, og keidt og leidt hadde dei det; men Karane heldt trufast ut; og rødde gjorde dei um alle Ting, men mest um Kvendi. So sat vel Kvendi heime og hadde det likso keidt og rødde um Mennane. Fraa kvarandre maatte dei vera. Som det stod i Legenden: «der var et svelgende Dyb befæstet» millom desse tvo Menneskje-Helvtine, som ikkje kunde trivast kvar for seg. Og so sat ho paa sin Kant og tenkte styvelegt um oss, og me gjekk paa vaar Kant og lærde oss upp til aa tenkje raatt um henne; og freista me sist-paa aa finnast att, so hadde me kvar sitt Tungemaal og kvar sitt Liv og kunde ikkje semjast; og strakst kom Mannen attende til Kaffihuse; det var Flaska som heldt best ut.

Skulane burde gjeva Upplæring i dei Syndir som Folk skulde hangle seg gjenom Live med i eit brutalt Samfund; mangt kunde gaa lettare daa. Altfor mykje tufsut og stygt var der aa sjaa for den som var ute. Laurits kvitna der han sat; Georg fortalde i harme Ord, at Helene for eit Par Dagar sidan hadde «afleveret» den «Ungen», som nok ingin hadde ynskt skulde koma til Verdi.

Men Laurits kom seg. Ei sæl Von glødde upp i han; Barne var sjukt. Lite Liv var der i det fraa Upphave; og fekk det dertil daarlegt Stell, som det sjølvsagt fekk, so vilde det slokne som ei raa Fyrstikke.

Laurits reiste seg og gjekk Golve att og fram i heite Vonir. Det vilde vera so godt for alle, um Barne fekk døy. Og daa vart det ikkje Spurlag etter Barnefar, trudde han. Alt vilde vera dult og døyvt, ute or Verdi som ugjord Gjerning.

Lengi lengta han etter nytt Brev; for kvar Dag sterkare. Posten kom Sundag og Torsdag; daa var Laurits alltid hjaa Postopnaren, orventin og bleik, med meir og meir Banking i Bringa.

I denne Tid fekk han eit Brev fraa Dagmar som vitskræmde han mest.

Ho hadde vori hjaa Fullmegtig Westgaard i Dag, skreiv ho; og der hadde ho set ei Syn, som ho aldri skulde gløyme. Det var ei Tenestgjente som maatte ut av Huse av di ho var ufør, narra av «en Skurk af en Ingeniør». Ho var eit ungt, vakkert Menneskje, aaleine i Verdi; no skulde ho ut paa villande Von. Skam og Naud, og meir Skam, og meir Naud, var alt ho hadde aa vente; og ho grét som ho vilde graate ut sitt Hjarteblod. Det var eit Jammers Syn. Dagmar hadde ikkje tolt det; ho hadde rømt, gøymt seg, i vill Graat sjølv. Og daa hadde ho set det so klaart: mot slikt maatte Kvinna gjera Upprør. Alt som Kvinne heitte maatte slaa seg saman; dei maatte gjera Lag, Forsvarssamlag mot desse Dyr i Mannfolkham. For kvar ærleg Gjente maatte det vera avgjord Sak: aldri gifte seg med ein Mann som var so hjertelaus, at han kunde øve slikt Nidings Verk. Det skulde dei love, og det skulde dei sverja; og alle Mennar skulde vita det; annan Maate var det ikkje, naar ein vilde setja Kvekk i slike brutale Brotsmennar.

Berre Barne maatte døy, berre Barne maatte døy, sukka Laurits. –

Barne døydde. Men Georg skreiv, at Sogo var ikkje ute med det; Gjenta var meld for falsk Uppgaave av Barnefar.

Ho hadde vori hjaa Georg og klaga si Naud; Mor maatte ikkje faa vita det, Mor maatte ikkje faa vita det! «Hun har givet op en Sømand, om det kan interessere dig, Laurits»; men det var visst mange som gav upp Sjømennar; Daapsbøkane krudde i det heile av Namn paa Mennar som hadde Sønir og Døtrar, men som aldri hadde vori til. Det var paa eit Raam, um slik ei Gjente hadde Greide paa Lovi. Ho vilde lett tru, at det som greidde seg for sùme maatte greide seg for alle; men det var ikkje aa lite paa, det. Mot verjelause brùka me Lovi; mot andre brùka me stundom Konduite; og so vart det ugreidt alt. Det kunde godt hende at Helene hadde tulla her; «tør du vædde, Laurits?» Og i alle Tilfelle; kor skulde slik ei Døle kunna staa seg mot ein Forhøyrsdomar, som sjeldan kom nokon Veg med Kjeltringar, men kunde tulla skikkelegt Folk rundt som inginting?

Georg sjølv kunde faa vera med i Komedia. Den som hjelpte ei Gjente naar ho var i slik Naud, han fekk taka Fylgdine som dei kom; det hadde han visst, og gjort det endaa. Han var ikkje sentimental; men det var Ting som ingin var Mann for. Staa roleg paa ei Strand og sjaa at eit Menneskje dukka under, det klara ikkje ein Jurist dessmeir. Det han hadde gjort fekk han staa ved. Gjenta kunde ingin berge lenger; ho sokk; «men den infernalske Idiot som er Skyld i alt dette, ham skal jeg engang se i Øinene.» –

Laurits forstod ikkje dette. Det maatte vera Tøv; kva skulde dei med Far til eit daudt Barn? Han slo seg til Ro i den store Gleda at no var han fri. Barne var burte, alt var yvi-stridt; no var her ikkje meir aa fæle for i Verdi.

Han vart so glad at han gjorde ferdugt det store Dikte sitt, «Hymne til hende» i gamallgræske Vers. Han torde ikkje sende det; laut sjaa det igjenom endaa ein Gong; men daa skulde ho faa det. Og han kom seg og treivst; tok heiltupp til aa holdast.

Det som hadde pint han inn i dette med Helene hadde ikkje heller si gamle Magt. Dagmar var den gode Engelen hans; var det ein Gong det vilde upp, so tenkte han paa henne, og daa gav det seg.

Han var vaksin; ferdug med den Jypling-sjuken. Det var i det heile den faste Viljen det spurdest um; og no hadde Laurits fengi den faste Viljen. Enno kunde det hende at Minningar um Samlive med Helene braut upp att, liksom i ei moralsk Ørske; men slike Minningar dreiv han fraa seg med Harm.

Etterkvart kom dei likevel oftare att-um. Og dei fekk meir Magt au, kor det no kunde hava seg. Sjølve Dagmar raadde ikkje med deim alltid. Ja paa ein utruleg, pinefull Maate kunde Dagmar og Helene gange i eitt for han; det var som han stundom miste Magti yvi seg sjølv. So mykje han kunde heldt han seg ute; gjekk, og gjekk seg trøytt; men det hjelpte ikkje heller alltid; paa vonde Dagar fylgde Draumane han som Myflokkar.

Kvart Brev fraa Dagmar var som ein Hjelpe-Hèr mot dei vonde Aandine, helst naar dei ikkje inneheldt berre Tankar. Men dei vonde Aandine var vakne; kom han paa den eine eller den andre Maaten ut av sitt Arbeids-Lag, strakst var dei der med sine Synir. Det kunde gaa som i gamle Dagar; han vart vilje-valin; Draumane magtstal han; og daa vart alt spelegt. Sjølve Homer kunde faa han til aa gløyme seg burt; alt han saag, høyrde, tenkte kunde draga han inn-i Draumsòge; ja um han sat med den argaste Grammatik, – uforvarande slepte Tanken Take; Augo gleid ut fraa Boki og vart stirande og dimme; kvite Armar og halvløynde Barmar lokka fraa kvar Kraa. Ja um han gjekk ute i den ville Skog; fraa dei beste Tankar kunde han vera glìdin ut-i det; og i Draumen saag han attum Stein og Tre Bilæte av same Slage.

Det utrulege hende, at han tok til aa sjaa paa Bondegjentune; og dei var ikkje stygge; det stakk i han naar han hugsa, at dei ikkje skulde vera strenge heller. Mette, Husmannsgjenta, hadde havt eit Barn; Drengine fór djervt aat med henne stundom, og ho vart ikkje vond. Naar ein saag vel paa henne hadde ho eit godt Andlit; og kor som var og ikkje var; gjenom dei skrale Klædi skimta han ein godt bygd Kropp …

– Han skýna til Slutt, at det hadde vorti for einslegt for han paa Prestegarden. Arbeide sitt var han lite med i, og ingin hadde han aa tala med; han greidde ikkje dette. Han maatte til Byen att; der hadde han òg sin gode Engel.

Ein Morgon gjekk han inn til Presten og sagde upp. Han treivst ikkje her lenger, sagde han. Presten svara ikkje stort; han gjorde upp med Laurits og takka for den Tidi han her hadde vori. «Men hold Dem flittigt til Pastor Broch og til Deres Studier,» slutta han; «der er i denne Tid saa meget, som kan distrahere en ung Mand.»

XIV.

Middagstid kom Laurits til Kristiania.

Han leigde seg inn paa eit billegt Hotel ikkje langt fraa Jønnvegsgarden. Derifraa sende han Bod til Helene. Henne maatte han faa Greide paa fyrst; dette um Politie tok til aa uroe han, endaa der ikkje kunde vera noko i det. Men so vilde han til Dagmar i Kveld.

Han var ute i Byen; fekk Middag; gjorde Innkaup, raaka sin gamle Vén, Jørgen Holmeland, som hadde trulova seg og var so glad yvi dette at han ikkje fekk sova um Nætane; daa han vel var i Ro paa Hotelle att og hadde kveikt Ljos og stelt seg tilrettes, kom Helene.

Det gjekk i han, med det same han saag henne; gamall Lystnad fall yvi han som ein Rovfugl, hogg Klørne i han, so det gjorde vondt; han drog etter Pusten.

Ho fekk Ytreplaggi av seg; og ho saag godt ut. Ein smaalaatin svart Kjole sat mjukt um den gode Figuren; ho var magrare enn fyrr. Andlite var bleikt, med ein lett Rodnad etter Gongen.

Han hadde ikkje visst at ho var so vakker. Haare hadde ho sett upp paa ein ny Maate, som tok seg svært godt ut.

Ho vart glad daa ho saag han. Gatetaus-smilen fraa gamle Dagar vilde upp; og han saag tydeleg Skalkeskimten i Augnekrokane, daa ho lagde Merke til det vesle svarte Skjegge som han hadde lati gro paa Overlippa.

Du ser godt ut, du og, Helene, sagde Laurits og fekk henne til aa setja seg.

Men daa tok ho til aa fortelja.

Det vart ei lang Sogu, leid aa høyre. Rolegt og seint, med livlaust, klanglaust Maal fra Ringerikskanten, trøyttesamt, eltesamt som Surr av ein Klegg, fortalde ho um sitt Liv i denne Tid, og helst um Kjeringi, «den Satans Kjerringa», som ho hata av Hjartans Grunn, og som ho aldri kunde faa sagt nok vondt um.

Han maatte høyre alt. Fraa Botnen av skulde han vita kva det var for eit Dyr, ho hadde vori ute fyri. Med Munnen stygg av Harm, med ilsk Augnebragd, med simple Ord, ubljuge, uflidde Ord fraa Grønland, gav ho han inn Drope for Drope alt det simple og ufjelge ho hadde røynt og set; kvart vondt Ord, kvar stygg Trætte, all den laake Framferd og all den ufine Tenkjemaaten, alt lagde ho fram, raatt som det var, med faamut Ihuge.

Han bad for seg; men det nytta ikkje. Ho dreiv paa; og det var som ho lika seg; det letta aa faa ause or seg alt dette. Vaterlands Illtev stod av kvart Ord ho sagde; alt som var fint i han krympa seg og vreid seg; han leid vondt av, at ho lét slik Raaskap gaa gjenom sin Munn; men det var ikkje Raad med det; og den Lysti han ikkje vilde vita um, sat i Nakken paa han som Senedraatt.

Sant kunde det knapt vera heller, alt det ho sagde. Det skulde vera tvo Kronur som var Skuld i Uvenskapen; Kjeringi vilde hava deim for di ho hadde vakt ei Natt yvi Gunda; Helene hadde sagt, at slik som ho hadde havt det her burde ikkje Kjeringi hava ein Skilling. So hadde det bori laust. Sinne og Mothug var sanka ihop paa baae Sidur i den lange Tid; no kom det upp; midt paa Tune hadde dei skamskjelt kvarandre; so høyrdest det daa for Laurits. Helene var ikkje den som hadde firt; Kjeringi paa sin Kant hadde nytta alle dei Skarveord som sinte Kvinfolk brukar mot kvarandre paa Grønland. Tilslutt hadde ho banna paa, at dette skulde Helene faa trega. «Jæ ska gjøre Dere saa mye vondt saa Dere tror det itte! Rent skamfert ska Dere bli, baade Dere og Kjæresten Demses! Du er ikkje saa fin som du fiffer til, dit lidderlie Svin! Jæ ska nok faa Greie paa det, jæ, ska du se! Ikkje tror jæ, Dere har gjet opp rekti Navn for Presten.»

Laurits sveitta. Han fekk upp Øl og drakk; og daa ho drakk med, fekk han Stundir til aa spyrja etter kva ho no vilde gjera.

Ja det var det, Helene hadde tenkt aa snakke med Laurits um. Ho hadde vori for Politie ein Gong alt; og Politie vilde hava henne i Klemme, det visste ho. Politie trudde paa Presten, og Presten trudde paa Kjeringi; og Kjeringi innbilte seg, at det var Georg Jonathan som var Barnefar. Men at Presten Broch kunde tru paa slik ei Fantekjering! Heile Grønland visste at ho aldri sagde eit sant Ord. Ho laug um ho aldri hadde Naud paa; no skulde Laurits høyre; no skulde han berre høyre …

«Ja, ja, ja,» bad Laurits, «la' nu det være; men hva var det Di vilde spørre mej om?»

Det som Helene vilde spyrja um var, um ikkje Laurits kunde gaa til Presten Broch og faa honom til aa snakke med Politie, so alt dette kunde døyvast ned. Ho vilde ikkje i Straff. Ho var øydelagd med ein Gong, dersom ho kom i Straff. Og dette her hadde ho gjort berre i Tankeløyse. Ho hadde ikkje tenkt at det var faarlegt med Far til ein daud Unge; og naar det dessutan kunde vera til so stor Hjelp for Laurits so –. For Politie hadde ho sagt det same som for Presten; og ho vilde halde paa sitt, so lengi dei ikkje kravde Eid; men kravde dei den, fekk ho segja Sanningi; han kunde vita ho vilde ikkje sverja seg inn i Helvite for slikt noko Tøys. Berre for si eigi Skuld burde Laurits gaa til Presten. Politie gav ikkje upp; so lengi Presten vilde heldt nok det paa; og Kjeringi gjekk og laug for alle ihop med søte Ord …

Ja; Laurits skulde tenkje paa det. Kom det so langt som til Sak, so skulde han hjelpe henne. Vart det ikkje onnor Raad, skulde han laane Pengar og sende henne til Amerika. Ho kunde vita at han lét henne ikkje koma i Straff. Etter det som han hadde gjort mot henne – –

Ja det skal me ikkje snakke um, svara Helene. Det kann vera det same; berre eg slepp ifraa dette.

Herre Gud! at ho skulde koma uppi slikt. No hadde ho so visst tenkt at alt var yvi-stridt, og at ho skulde koma i Ro og Arbeid. Heime visste dei inginting; Georg Jonathan hadde vori so hjelpsam og snild, at det var meir enn ventande av ein slik Mann. Og dei ho no var hjaa, dei trudde det ho hadde fortalt deim. Det kunde koma i Skikk alt no, berre ikkje den Satans Kjeringi –

Laurits tok henne i Handi og sagde at ho kunde vera trygg. Han skulde hjelpe henne. Berre ho ikkje vilde vera vond paa han for det andre. «Du faar tilgji mej, Helene; du faar ikke ha Nag til mej»! Laurits vart mjuk i Maale.

Pytt, det andre gjorde inginting; det var ikkje noko aa snakke um, meinte Helene.

Han forsikra dyrare og dyrare, at han skulde hjelpe henne. Han stod og heldt henne i Handi, som var varm og mjuk; Pusten tok til aa gaa tungt for han; han sukka mot sin Vilje.

Ho trudde sistpaa det ho gjerne vilde tru; og det kom eit mildare Lag yvi henne; ho gav seg til aa fortelja um Gunda, vesle Gunda; kor snild ho hadde vori, og kor sorgfullt det var daa ho maatte døy. So reiste ho seg og vilde gaa; han kjende Klôi av den vonde Lysti rivande i Bringa; dimm i Augo, bleiknande um Andlit og Hals fekk han Armane um Live hennar: «du maa være snild!» kviskra han. Ho kjende, ho høyrde kor Hjarta hans slo; ho vart bleik: «ja men naa vét Dere, at Dere maa vera forsigti!» «Ja, ja!» svara han og skalv. Han drog henne aat Sengi, braut henne ned, fekk henne uppi, sleit henne tilrettes; daa reiste ho seg halvt; vilde ikkje vera med; «der kan komme noen!» Han aat Døri; læste: kom att: «du maa vera snild!» «Ja men nu vét Dere, at Dere maa være forsigti!» –

– Han sat ved Borde ei Stund etter; bøygd i Aksline; tagde som Muren. Ho tok paa seg Kaape og Hatt; stelte paa Kjolen; vreid upp Laasen med stilt Tak og luska ut. Han saag etter henne med Uhugnad. Der var Skam yvi henne. Skam. Ho saag skamfull ut attantil …

Han grein til seg sjølv; «sjofel Fyr». Aatte han ikkje Grand av Ære i Live. Han drakk Øl; fyrst eit Glas, so eit til; han kjende ei Skam som kunde eta han upp. Endaa eit Glas drakk han. Det samla seg til Graat i Bringa hans. No kunde han aldri meir sjaa Dagmar.

Nettupp no, nettupp som han gjekk og tenkte paa henne, skulde han gjera slikt! Han var den verste Slusk paa Jordi. Aldri hadde nokon skjemt seg so ut. Det var Synd utan Make. Ei Synd som der ikkje var Naade for; ei Synd utan Orsaking. Dersom han hadde eit Menneskje som kunde skjelle han ut; æreskjelle han; det vilde lette, lette … Georg Jonathan? Ja; dit vilde han. Tilstaa alt. Fortelja alt, fortelja kva han var for ein Fyr; faa Georg til aa sparke seg utfor Troppine. Han tok paa seg og gjekk; kannhende vilde Georg forstaa han. –

– Ute snødde det so smaatt; laus vaat Snø i store Fillur, som gleid stilt ned gjenom ei myrk Luft. Han drog seg seint gjenom Karl Johan, tyngd av Tankar, gruvlande. Lufti var frisk og god; det var som ho reinska. Han møtte eit Kvinfolk som stana halvt og saag paa han; nei Gudskelov; so nedpaakomin var han ikkje. Det kunde vera ille nok som det var.

Georg var flutt til Hægdehougsvegen. Daa Laurits gjekk upp gjenom Slottsparken, tok han til aa kjenne seg lettare. Men det krympa seg i han kvar Gong han hugsa, kor skamfull Helene hadde set ut attantil.

Georg var godt og vel komin av Kantore; han hadde sett seg til med eit Arbeid. Der sat han roleg og trygg i ein fin, blomstra Slaaprokk; paa Hovude hadde han ei raud Røykjeluve med stor Dusk. Han saag ut som han var fornøgd med seg sjølv; det var ein Mann, som hadde alt sitt i Orden.

Laurits saag paa han med Mothug. «Ja; det er mej,» sagde han, daa Georg tok Lorgnetten paa seg og gav seg til aa glo. Georg reiste seg og helsa. Han heldt seg litt fornæm; dei smaae blaae Augo hadde noko spottande.

«Du har travelt?» spurde Laurits.

Aa ja. Han var so smaatt i Ferd med aa friske paa Jus'en sin; han og ein ung Advokat vilde slaa Lag um eit Aars Tid og halde Sakførarkantor her i Byen. Det vart meir Fritid daa, meinte Georg, enn um ein skulde gaa som Chef for eit Handelshus.

Og so vil du slaa deg paa Politiken? sagde Laurits.

Kanskje; noko maatte ein slaa seg paa.

Laurits tagde eit Grand. So sagde han, at han trudde ikkje Georg skulde freiste med det. Du er so … annarleis enn andre; du fær ikkje Folk til aa tru paa deg.

Tru paa meg? Trur dei ikkje, skal dei faa sjaa, svara Georg.

«Skal du ikkje sitte forresten?»

Jau takk; litegrand. Det var ein Ting, han maatte tala um.

«Naa; du har kjørt dej fast naa,» svara Georg.

Det var nyleg lagt i Omnen; det brann og braka lysteleg med friske Smell. Laurits satte seg i ein Kaminstol; der vart han sitjande med Nakken mot Georg. «Har du isinde aa lyve i Kveld?» spurde denne. Nei, ikkje i Kveld, svara Laurits snøgt; han snudde paa Stolen so godt det lét seg gjera.

Men eg laug for deg, daa eg fortalde um den Sygjenta, heldt Laurits fram; og det var det eg no vilde rette paa.

«Takk; vil du la det være,» sagde Georg Jonathan.

Han hadde ikkje Bruk for Sanningi no. Den som ein god Dag kunde koma upp for Politie, skulde ingin Ting vìta; narre Politie var Borgarplikt. «Har du løjet, faar du staa ved det.»

Laurits saag skræmd ut.

Det eg vil fortelja er, tok han i um ei Stund, at eg hev havt med ei Gjente aa gjera, baade fyrr eg vart forlova og etter. Stygt og skamlaust hev eg bori meg aat. I Dag, i denne Dag; det fyrste eg gjorde daa eg kom til Byen –; fy, fy; no kann eg aldri sjaa att Dagmar.

Nei nei, svara Georg. «Dumheden faar sin Straff.»

Laurits saag paa Georg med Bøn i Augo; sorgfull og modlaus heldt han fram: dersom ein endaa kunde segja henne det. Dersom ein kunde forklaare det; dersom ho kunde forstaa det. Men segja det til henne er det same som aa gjeva henne upp.

«Ja hun er gal,» sagde Georg: «hvad skal nu egentlig du med henne.»

Ho er den beste Gjenta i Verdi! svara Lauris; men kor kann ei Dame forstaa slikt. Eg forstend det ikkje sjølv. Slik Griseskap –

«Dumhed,» sagde Georg.

«Begge Dele, begge Dele.»

Ja; du gjev henne upp daa?

Det er so lett aa segja det, jamra Laurits.

Men lìva med ei Gjente som henne med slikt usagt, det kunde han ikkje heller. Og narre henne paa so stygg ein Maate, ho som hadde sagt han like ut at ho hata slik Ferd –; nei, nei, nei, kva skulde han gjera.

Du veit, svara Georg, at den eine ikkje kann gjeva den andre Raadir. Den som ikkje kann raade seg sjølv, han ryk til Helvite; og det fortenar han. Du for din Part maa ikkje innbille deg at du slepp gjenom Verdi med heilt Skinn; du er ikkje soleis skapt.

Visste eg kva eg skulde gjera, sukka Laurits.

Veit du kva du skal gjera nokon Gong? svara Georg spottande. Du driv vel i Veg paa ein Maate no som elles; men fyrr du lyg for Gjenta di skal du tenkje yvi ein Ting: den som tek Fanden paa Nakken maa bera han fram. Fanden er tung aa bera paa gjenom Live, Laurits.

Eg skal bera alt, fær eg henne med meg, sagde Laurits.

Ja; so tak Fanden paa Ryggen og ber han fram.

Ei Gjente kom og sagde, at der var innsett. «Du spiser med, Laurits?» sagde Georg; «vi har Skinke og tiaarsgammel Akkevit. Kom naa!» Laurits fylgde; han vilde gjerne sjaa Julie.

Denne var vakker og brun som fyrr; eit Grand bleikare. Ei søt ung Frue var ho; ingin skulde tenkje at ho hadde lìvt vilt. Det einaste kunde vera at ho kannhende var noko meir Frue enn det turvtest.

Det vart bytt Ord um Live til Fjells; og Julie sagde at ho vilde der upp ein Gong. Kantorlive hadde teki paa henne.

Dermed kom ho inn paa, at ho ein Gong hadde tenkt aa freiste Teaterlive. Og ho fortalde um Fru Hauge, «gamle fine Fru Hauge», som ho hadde vaksi upp hjaa, og som no laag paa det siste. Julie hadde vori nede og set um henne. «Tænk Dem, den gamle Dame laa og fantaserte og innbilte sej, at jeg var Skuespillerinne allikevel.» Men som vel var, det Live hadde ho aldri traatt etter. «Som Kontordame har jeg havt det meget mere roligt naturligvis; og jeg var heldig; jeg kom inn paa et af de største Kontorer i Byen, hos Storr, Di vét, hvor jeg ogsaa lærte at kjende min nuværende Mann.»

Laurits glytte paa Georg; han sat so aalvorleg som ein Sokneprest.

Julie fortalde um fleire fine Damur ho kjende, Sofie Hartmann iser, «en Veninne fra Skolen». Sofie var gift med ein rik Advokat no. «Men hun beklager sig for mig over, at hans Mor ikke er snild mot henne; hun er vanskeli paa det, gamle Fru Hartmann; hun har engang vært Hoffrøken hos Enkedronningen.» –

– «Det er en søt Frue du har,» sagde Laurits til Georg, daa dei var komne inn paa Kantore att. «Du kan ikke mene saa'ntnoe som det du skrev op til mig den Gangen.» «Nei,» svara Georg turt; han kveikte Pipa.

Laurits stod og saag paa han ei Stund. «Den som visste,» sagde han endeleg. «Den som visste hvad du egentlig er for en.»

Georg drog paa Aksline og saag brutal ut. «Jeg er en Mand,» sagde han, «som ikke agter aa la' sig snyde.»

Vesle Laurits kjende seg ikkje heime her; han tok Hatten og sagde Godnatt. Daa tok Georg han i Handi; og med eit Mæle som lyddest mildt sagde han: Du skal ikkje vera stur, Gut. Du ser, du slepp ikkje fraa dette utan Havari; tak det med Mod, Laurits. Ver resolut som Reven i Glefsa; riv Foten av deg, og frels Live. Ein skulde stelle seg so at ein hadde eit Menneskje umframt seg sjølv som ein aldri turvte ljuge for; men det er ikkje greidt; og du lyt berge deg forutan. Du er ein rædd Mann, Laurits, og Lygn er rædd Manns Verje; men so fær du ljuge for deg sjølv med, so godt du kann.

«Pas dej selv du!» sagde Laurits og gjekk.

XV.

Med seine Stig drog han seg ned gjenom Troppi; han stana ender og Gong.

No fanst det ikkje eit Menneskje som han kunde forklaare seg for. Og berre Faavisa hadde det vori av han aa gaa til Georg Jonathan.

Rædd Mann? Han var ingin rædd Mann. Han vilde segja Sanningi; han hadde aldri tenkt paa anna. Og anna var det ikkje aa gjera heller; ho vilde snart forstaa, at det var noko han gjekk og bar paa. Og daa kunde ein aldri vera glad; alt som skulde vera Glede og Hyggje krengde seg um til vondt Samvit og Sut; heller slite si Tid i ærleg Sorg enn gaa i alle sine Dagar med den Vonde paa Nakken.

Ute var vintermyrkt og svart; det var som eit uendelegt Gap aa sjaa inn i. Det snødde tettare enn fyrr. Glasi paa Lyktom klabba seg til med Snø; i Parken stod Trêi og sveipte seg inn i Snø som i Vinterkjolar; alt stod og gav seg yvi og lét seg snøe ned; Laurits skulde gjerne gjera det same.

Ned yvi Slottsbakken og Karl Johan stod Lyktine i skakke Radir og brann daudt og døyvt som Ljos yvi Lik. Faae Folk var ute. Dei sveipte seg i Vinterfrakkar og gjekk med Hovudi bøygde; ein høyrde ikkje naar dei steig. Det var Skuggar, Skuggane ved Lethe; her gjekk dei og dreiv og lengta etter Liv, lengta og sakna, lengta og sakna. Laurits remsa upp paa Latin noko um, at heller vilde han vera Træl i Sollande, der Livet glødde, enn Konge i Skuggeheimen, der alt var Lengt. Men det var vel millom Skuggane han skulde høyre heime?

Han gjorde ein Braasving og gjekk paa Fallgruva.

– Det fyrste han høyrde daa han lét upp Døri var Bjølsviks Bass: «Ingen kan lægge en Alen til sin Gevækst!» Han vilde ikkje at Bjølsvik skulde sjaa han i Kveld; stilt steig han inn og stilt fekk han hengt fraa seg Frakken og Hatten. Bjølsvik og Blytt og Otto Nielsen sat og drakk Pjolter og tala um Kunst. «Fyren har gjort Fremskridt,» sagde Otto Nielsen. Det er godt i Fargen, dette-her, modigt i Fargen; og so er det Ragg, ikkje Olje; Ragg, turt, stridt, ærlegt Bjørneragg … Enn Ljose daa, grumde Bjølsvik. Og Teikningi. Er der Modellering i den Bjørnen som ligg der so flat som ein Hyvlebenk …

Laurits snikte seg inn i det indre Romet; der var ingin.

Han gjekk til Avisborde. Der laag «Morgenbladet» og «Dagbladet» og «Verdens Gang» og alle dei andre, sprekkfulle av Veto. Inginting som kunde vera honom til Hjelp.

«Om Forladelse, er det ikke Kruse?» gneldra det fraa Omnskraai; Laurits snudde seg; der sat det ein Fyr og sturde likevel. Det var Medisinaren Kvaale.

Laurits fekk ein Toddy og sette seg burt-til han; Kvaale var glad for han fekk Selskap. Det var fælt aa vera aaleine naar ein var paa Fyll, sagde han, urimeleg sinna, smilande.

Fyll? Jagu var han paa Fyll. Han drakk aldri; men kom han paa Rangel ein Gong, so var der ikkje Vìt. Han heldt paa, til dess han laag der.

Det var Samvìte. «Di vét ikke hva det vil si aa vaagne av en Rangel Di. Hodepine, Tømmermenn – ingenting. Nei; Di skulde prøve aa vaagne av vond Samvittighet!

Laurits smaka ofte paa Toddyen; det gjorde godt, sagde han. «Det er forresten vond Samvittighed som driver mej til aa drikke i Kveld.»

Jaso; var det det.

Ein turvte ikkje vera gamall, fyrr ein var komin so langt, at ein … ikkje hadde stort anna enn Toddyen aa taka til.

D'er vel Kjærasten daa, gneldra Kvaale. Uppsagd. Ja det maa vera vondt.

Laurits var ikkje uppsagd. Men ein kunde ha Ting paa Samvite, som – hm.

Galei daa? Fy for Pokkeren. «Ja en blir fælt saa moralsk, naar en har vært paa Galei.»

Laurits hadde ikkje vori paa Galei. Ikkje paa den Galei.

Kvaale sat ei Stund og tagde. Han saag slakk ut; Augo glinsa.

Me er Tùmsingar alle ihop, sagde han endeleg. Ein skulde ikkje vente til ein er halvgamall. «Ka Fa'n ska det vera godt for?» Gifte seg strakst, og so Gjenta inn paa Hybelen; det skulde ein gjera. Ungane skulde ein skikke heim til ho Mor.

Det trur eg vel, sukka Laurits.

Eg veit mange som skulde ha gjort det, heldt Kvaale fram. Men dei gjer det ikkje, ser De. Det er ikkje Raad, det, segjer dei. Og so gjeng dei til uvedkomande. Henne kann dei ikkje gaa til; henne kann dei berre sovidt kysse. Og so gjeng dei til andre.

Gjeng dei til andre naar dei er forlova? spurde Laurits letnande. Det er stygt.

Jagu er det stygt, sagde Kvaale. Nei; gifte seg; og so Gjenta inn paa Hybelen! Det er det einaste. Eg veit mange som skulde ha gjort det.

Han drakk.

Ja det er ei Raad som ikkje kann hjelpe meg, sagde Laurits.

Kvaale tagde lite; so spurde han stilt og aalvorsamt: ja De er ikkje sjuk vel?

Laurits stirde paa Medisinaren; endeleg forstod han. «Er Di gal?» sagde han.

Eg meinte ikkje noko stygt; eg meinte Tæring, svara Kvaale. So gav han seg til aa læ. Slike tjugeaars Gutar som kjem og vil vara store Syndarar! spotta han.

Laurits vart raud.

De er av deim som fær det godt i denne Verdi, tok Kvaale frami att. Døyr med Podagra og fær Liktale i Morrablae. Fred med dit Støv; velsignet være din Aske. Men kva segjer De um ein Fyr som eg kjenner; han forlova seg, daa han var 23, og no er han 30; og ho er 31, og no skulde han segja henne upp. Han er glad i henne, Stakkaren; denne Gjenta er det einaste som han hev i Verdi; det forstend ikkje De, men naar ein er so ikring 30, so vert ein so underleg aaleine, og daa er det berre slik ei Gjente, som kann –; men det forstend ikkje De. Og ho, Stakkar, ho trur paa denne Fyren; ho sét all si Lit til denne Fyren, ser De. Ho hev vist ifraa seg den eine Friaren etter den andre for hans Skuld; og no kjem det ikkje fleire Friarar. Og ho duger ikkje til aa lìva aaleine heller; ho vert hysterisk, ser De, og Fanden veit alt; og no maa han segja henne ifraa seg; for han hev havt Sjukdomen.

Tæring? spurde Laurits.

Nei, det andre, svara Kvaale. Liderleg Hund, ser De. Forbanna liderleg Hund. Som me er alle. Og so gjorde han som – ja De veit; naar ein skal velja millom det verste og det næstverste – all right. Han var ein skikkeleg Fyr i Grunnen; men – naa, slikt hender. Slikt hender. Og der gjeng ho og trur, at han er ein Guds Engel, og ventar paa han Aar etter Aar, og hev vist fraa seg den eine gode Guten etter den andre; og no kjem der ikkje fleire; og no maa han segja henne upp. Svine. Skulde ha gjort det for lengi sidan.

Det er fælt, sagde Laurits.

Ja men det er verre, tok Kvaale i. For han segjer henne ikkje upp. Han hev ikkje Mod, stakkars Krypen. Han sèt det upp fraa Tid til Tid. No er han 30 og ho er 31. Ho hev venta i seks Aar, og ho ventar i seks Aar til; all si Lit hev ho sett til honom. Kva skal han gjera, Stakkaren.

«Han burde henges!» sagde Laurits.

Ja han burde so, svara Kvaale. Men han vert ikkje hengd. Gud veit um han hengjer seg sjølv dessmeir. Eg kjenner Guten. Han er ein Skarv, som ikkje segjer henne upp; han vilde vera ein Skarv, dersom han sagde henne upp; der sìt han. Han er glad i Gjenta, og han hev vondt av henne; Aar etter Aar gjeng ho og ventar paa han; Aar etter Aar; dei andre hev ho vist fraa seg for hans Skuld; all si Lit –.

Kvaale tagna. Daa Laurits skulde sjaa seg til, sat han og grét; stride Fylletaarur rann ned yvi hans skakke Andlit.

Var det seg sjølv, han hadde fortalt um? Dette var uhyggjelegt. Uviljande flutte Laurits paa Stolen; her sat han kanskje saman med ein øydelagd Mann.

Gudskjelov, sjølv var han ung og frisk. Verdi var nok ikkje so fin som han tenkte.

Nei; gifte seg; og so Gjenta upp paa Hybelen! gneldra Kvaale; han tok ein stor Slurk av Pjolterglase.

Ja det er snaalt, heldt han fram um ei Stund; han vart meir og meir dauv i Tonen; det er snaalt aa sjaa paa alle desse defekte; ein Fot, ein Arm, eitt Auga gjeng dei med; falske Tennar, falskt Haar, løynleg Skam, løynlege Sjukdomar; men hinkar i Veg! Hinkar i Veg som inginting var, og vil Fanden ikkje døy!

Gjev meg ein Toddy til, sagde Laurits til Guten.

Men det skal koma ei Tid, mulla Kvaale halvt for seg sjølv; det skal koma ei Tid, daa det er likso stor Skam og vera sjuk som aa vera fatik. All Sjukdom skal vera Skam. Men fyrst maa me faa Ende paa denne Doktarhumbugen. Den gjeng Folk aa liter paa no; liter paa Doktaren og øydelegg seg for eit godt Ord …

Og so Byane. Dei maa burt. Brenne Byane. Ein Hage um kvart Hus, stor nok til aa føde ei Ku. Her gjeng dei i vond Luft; og sit inne all Dagen og gjer inginting; og so vert dei liderlege og visnar og valnar. Men no hev me Telefonen, Telefonen –. «Du Fyr? en halv Øl! til Trøst og Troens Bestyrkelse.»

Kva Fanden gjer det, um eg gjeng utfor Brygja i Kveld? heldt han fram.

No er De for melankolsk, meinte Laurits.

«Ikkje Spor av melankolsk; ikke Spor av melankolsk,» svara Kvaale.

Pytt; det var ikkje faarlegt aa lìva, naar ein hadde ein Drope Blaasyre heime i Skaape. Det skulde kvar Mann hava; ein vart so roleg av det. Ein raadde for Tingen sjølv daa; kunde gaa naar ein vilde; sleppe fraa alt, Synd, Sjukdom, Stræv, Plikt, uff! berre gaa sin Veg; adjøs! Herregud, um ein fekk lite meir Moro i Verdi eller lite mindre Moro, kva gjorde det. Den som kunde gaa naar han vilde, so jagu – jagu var det Moro lell aa gaa her og fùmle og sjaa paa Verdi.

Øle kom; han slo i og drakk. Ahh! godt, sagde han. Han tømde Glase med ein Gong; slog uppi paa nytt og drakk Resten. Ja no er eg full, sagde han. Maata god og full. Ikkje det Grand rædd; no vil eg sova. Hu. Takk for i Kveld. Han samla seg ihop og gjekk, ikkje fullstød paa Foten.

Laurits kjende seg letta. Han tømde Toddyen i smaae Drag og fann ut, at han mot mange andre var ein rein Engel aa sende i Ægteskap.

Og tenk, ein Gut som Kvaale. Han som ikkje tenkte paa anna enn Politik!

Innanum Døri sat Bjølsvik og banna med dundrande Maal «dei Helvites Kvinnfolka». Var det Dagmar han harma seg for? Tru han var verd ei som henne? Kven var verd ei slik, naar alt kom ihop?

Han vilde ikkje segja Sanningi. Kva skulde det svara fyri? Sjølv gjorde han seg usæl; og ho fekk ingin som var betre enn han.

Ei Minning gjekk gjenom Lauritz som ein Styng. Ein Gong for eit Par Aar sidan, i Arbeidarsamfunde, hadde han set Dagmar raudne daa ho saag Bjølsvik. Hadde ho vori glad i han? Var der Ting som ho au tagde med? Nei, nei. Hadde ho tenkt paa Bjølsvik, so hadde ho vunni yvi det no. Dagmar var nok ikkje den som gjorde noko med uheilt Samvit.

«Undskyld, Klokken er tolv,» sagde Husinspektøren. –

– Daa Laurits stod upp Morgonen etter, sagde han seg sjølv, at det som hadde hendt igaar, det var berre eit stygt Tilfelle. Det var slikt som ikkje kunde hende meir. Gudskjelov; heretter skulde han faa vera saman med Dagmar ofte; og daa vilde alle ureine Tankar døy.

Og so Eksamen um eit Par Aar. Um halvt-anna Aar. Dersom Morbror Broch viste han fraa seg, fekk han lite seg med Haud istadenfor Laud; det var ikkje slikt, Dagmar gjekk etter.

Det fall heilt-upp rart for han, at han hadde tenkt aa fortelja Syndine sine for henne, ho som var so fin og so rein, og som ikkje vilde kunna forstaa det dessmeir.

Gjera seg og henne slik Sorg for ein litin Ting! So litin ein Ting, at Folk som kjende Verdi berre lo aat det!

Men for henne vilde det sjaa fælt ut. Og det var fælt paa ein Maate. So som han hadde fari fram mot denne stakkars Helene –; den som ikkje kjende han maatte tru, at han var ein av dei verste. Laurits Kruse saag tilbake paa Gjerningane sine og kjende seg ikkje att. Det var som det maatte vera eit framandt Menneskje som hadde gjort dette.

Det var ikkje hans Natur, slikt. Elskhug var det han hadde søkt, ærleg Elskhug. Saart og lengi hadde han sakna ei som han kunde elske; aa, um han hadde funni Dagmar fyrr. Og um ho hadde gift seg med han, og flutt uppaa Hybelen!

Ei vill Von tok Guten: enn um ho kunde vaage eit slikt Verk no. Ho var friare enn andre, modigare enn andre; kannhende ho nettupp vilde like aa gjera slikt som andre ikkje torde? Fortumla av Tanken fór han att og fram paa Golve, halvklædd, ustelt; store Gud, um ho kunde vaage det. Pengar! Ho kunde arbeide. Ho som han. Dei turvte ikkje stort; kneip det, kunde han svelte. Han skulde svelte gladeleg.

Dei ville Vonine slokna strakst. Det vilde vel snart koma den Tidi, daa ho fekk anna aa tenkje paa enn aa gjeva Timar. Og daa galdt det aa ikkje hava det for knapt. Brùka Raadir –? Fy, ikkje naar det var henne. Vesle Laurits vart raud av Skam; aldri i Verdi naar det galdt henne.

Halve Fyrimiddagen gjekk han att og fram i Rome sitt og tenkte; men ingin Veg kom han. Ingin Veg kom ein utan Mynt. Og han som kunde ha vori rik! Det hadde vori Pengar etter Bestemor. Men deim hadde Far hans gjort Ende paa, eller vel helst Mor hans, ho som vilde hava alting so stort og gildt. Tenk um Verdi var slik som Georg Jonathan stundom tøvde um: at ingin var rik, men at alle med rimelegt Arbeid tente so vidt at dei fekk «til Mat og Giftarmaal»!

Gud trøyste Laurits Kruse; han fekk vel berge seg han som andre; kunde han faa Dagmar Dyring ein Gong um eit Par-tri Aar eller so, maatte han vera glad. Ikkje skræme henne ifraa seg no, kor som gjekk. Ein gav ikkje upp ei slik Gjente for ein Smaating Skuld. Ein Gong sidan, naar ho kjende han betre, skulde han kanskje fortelja alt. So visst som ho heldt av han, vilde ho sjølv ynskje at han tagde med slikt som kunde skilja deim aat. Han paa sin Kant skulde meir enn gjerne tilgjeva henne um ho tagde med –, ja dersom det hadde vori noko, det med Bjølsvik.

Berre ho elska han! – Han hugsa dei mange Brevi fulle av berre Tankar; og han hugsa dei Ordi ho hadde sagt med so rolegt Mod: at ho ikkje vilde «gaa op i det at vera forlovet» … Naah. Han tok seg i det; ein hadde ikkje Rett til aa tenkje so um Dagmar Dyring.

Men dei hadde vori kalde, dei siste Brevi. Ei Rædsle tok han; han maatte til henne, han maatte faa Tak i henne; halde henne fast, so ho ikkje gleid ifraa han; ljuge; han skulde ljuge og banne paa det; han skulde segja henne alt det ho helst vilde høyre; han skulde –. Eit Braasinne koka upp i han mot Helene. Dersom det Menneskje paa nokon Maate kom i Vegen for honom og Dagmar, so skulde han drepa henne! Han skulde sverja falskt; han skulde faa henne paa Tukthuse; det skulde kvitte honom eitt kva han gjorde mot henne, dette Krype som drog han uppi alt ufysi og stygt, og som kanskje til Slutt fekk Politie paa han, og øydde reint hans unge Liv, som kunde vera so rikt paa Vonir!

Han vart roleg att og tok til aa klæde paa seg. Det einaste han hadde aa gjera var aa tala med Dagmar.

Og det var vel likevel best aa … ja ljuge vilde han ikkje; det sagde seg sjølv. Det var greidt at det var ho, som burde avgjera Saki. Det vilde vera so godt og greidt um han kunde segja henne alt; ein burde ha eit Menneskje som –. Dessutan kunde ho finne paa aa spyrja sjølv; og daa var det ikkje visst um han kunde ljuge so ho trudde det. Han skulde segja det so pyntelegt. Berre noko um «Ungdomsfeiltrin»! Ja; han vilde segja alt. Tenk um ho dømde mildare enn han trudde. Naar ho saag, kor glad han var i henne –; og kannhende ho ikkje var so streng som fyrr heller. Ho kunde ha lært eitkvart; ho kunde ha komi etter, at Mannfolk var soleis; at det var noko som maatte so vera.

Han fiffa seg upp til fin Visitt. Nye Snippar og Kragar hadde han kaupt; han valde ut dei kvitaste. Klædi sine kosta han aalvorsamt; det verste var at det var komi ein Toddyflekk paa Buksa. Han tok paa seg dei nye svarte Hanskane, og Hatten, ein stiv Hatt som han saag rask ut med; kosta seg endaa noko til; tok so Regnhatten og gav seg paa Vegen. Paa Torgi kom han seg inn i ei Sporvogn.

Han kjende seg nobel og fin. Det einaste som minte um Armod og laakt Stel var Styvlane; dei var eit Grand skeive. –

– Dagmar venta ikkje Laurits. Ho sat heimeklædd ved eit Bord i Daglegstogo og skreiv; men Pennen vart rett som det var kvilande millom Fingrane hennar; ho hadde nok mest Hug til aa tenkje.

Ho saag uglad ut.

Det var ein litin Ting som hadde hendt henne, og som kom for henne mang ein Gong. Paa ein Fest i Arbeidarsamfunde hadde ho set Bjølsvik saman med den unge Fru Jonathan. Dei tvo hadde gjort Kur til kvarandre; det hadde ho set. Tydeleg hadde ho set det. Og det hadde gjort henne vondt. Dersom det var sant, det Folk fortalde um Fru Jonathan, og det skulde vera sant, so maatte ho vera eit simpelt Menneskje; og Dagmar kjende Sorg yvi, at han skulde ha Lag med ei slik. So sterkt hadde dette tyngt henne, at Natti etterpaa hadde ho mest ikkje kunna sove. Urolege Tankar hadde kveikt seg i henne: um det kannhende likevel skulde vera Bjølsvik ho burde tenkje paa?

Morgonen etter hadde ho klaart og rolegt vist alle slike Tankar burt. Den rette maatte vera den som forstod henne; og det var ikkje Bjølsvik. Ho hadde gjevi sitt Ord, og det skulde staa; ho vilde ikkje vera uvederheftig som eit Mannfolk. Men endaa kunde Tankane koma att. Tenk um no han kasta seg burt! Um ho ikkje hadde vore som ho skulde imot han!

Ho var i det heile leid av seg. Ho dugde til ingin Ting; og ingin hadde Bruk for henne. Det ho hadde aa gjera var smaatt og spreidt; inginting fyllte henne; alt vart upp i Plukk; aldri noko aa samle seg paa; aldri noko Utslag. Og so kunde ho ikkje so mykje som syrgje yvi dette heilt og sterkt; ho gjekk berre og var smaaleid, smaakeid; hadde ikkje Ro. Og Gud veit um ho kunde segja med Sanning, at ho elska den som ho hadde valt seg. Ho hadde Godhug for han, og ho trudde han godt; men aa elske, det var noko meir, kannhende. Ho burde ikkje ha gjort det av so fort. Ho burde ha venta; det hasta daa ikkje med aa gifte seg. –

– Bleik som ein Friar stod Laurits ute paa Tramen og ringde paa; og Hjarta hans slo, so han høyrde det heilt upp i Hatten.

Ho kom sjølv ut. Det var som ho kvakk med det same ho saag han; men strakst vart ho glad; svært glad.

So dragande ven hadde han aldri set henne. Den friske Munnen feste Augo hans seg ved, den kirsebærfriske Munnen; den drog; han skulde ikkje; men ho venta det visst; det vilde vera rart um han ikkje –; han famla seg inn til henne; fann Munnen; var sæl ein halv Sekund. Men han skulde visst ikkje ha gjort det. Ikkje enno.

Ein simpel graa Heimekjole sat tett og vakkert um henne; kvar ny Kjole han saag henne i klædde henne best. Ho var so mjaa og jomfrueleg og ung. Og so den veldige Haarfletta i Nakken.

Daglegstogo var utan all Stas. Der var ikkje koselegt heller; men ho var her; og ender og Gong fekk han sjaa henne inn i Augo. Ho var so kjærleg imot han i Dag; ho gjorde seg fyri med aa vera kjærleg. Ho lo aat han, av di han var so «solbrændt og rustificeret». Alle Syndir og Sorgir kom burt som i ei Tòku; det lét seg ikkje gjera aa faa deim med her inn. Men han burde ikkje ha kysst henne. Ikkje enno.

Gamle Dyring var svært kvìk; han gjekk i et usløkkjelegt Sinne for det absolute Veto. Dei sat ei Stund og tala um dette; Dagmar fann fram Vin; Laurits fortalde det han visste um Politiken i Fjellbygdom.

Gamlingen gjekk ut, daa det leid av eit Bìl; han skulde eit Ærend, og so skulde han innom i Samfunde og sjaa, um der var noko stygt i «Morgenbladet».

So var det Dagmar og Laurits.

Han heldt paa med Politik; det som han skulde tala um kunde han ikkje koma innpaa. Det vilde falle so rart; det var so ugreidt; ein fekk drygje til det kom av seg sjølv … Men ho tenkte visst òg paa andre Ting; han fekk henne berre halvt med paa Politiken. So tok han til aa spyrja um Kjenningar. Ho fortalde um den og um den; der var so lite aa fortelja. Jau der var det um Frida Westgaard, «som begynder ordentlig aa kokettere nu». Og so det um Frigstad. Han var trulova no; med Ida, den unge vakre som Laurits hadde funni litt vigtig; men det var ei framifraa Gjente. Det hadde vori ein heil Strid, daa dei skulde trulova seg. Ho hadde etter Avtala spurt han, um han hadde noko slikt paa Samvite «som det du vét jeg skrev om den Gangen; for vi har lovet hverandre det, skjønner du». Frigstad hadde vori ærleg og svara ja; men det kunde ikkje gjera noko no, meinte han; for det han hadde gjort var fleire Aar gamalt; og Gjenta var reist til Amerika. Men Ida var i stor Tvil. Sistpaa hadde dei funni ein Utveg. Det som Ida hadde lova kunde ikkje gaa ut yvi Mennar som «hadde» gjort slikt; for det kunde ein ikkje alltid koma etter; det maatte gaa ut yvi Mennar som var av det Slage at dei kunde gjera slikt; og at Frigstad ikkje no kunde gjera slikt, det var ein Ting som sagde seg sjølv, meinte Dagmar.

Laurits var slakk i Andlite; han drakk Vin.

Og so sagde han, at det vilde vera godt um Mennane kunde lære Moral i dette Stykke. For det var nok eit fælt Liv, mange Ungkarar førde; han hadde høyrt meir um det enn han hadde Hug til aa tru.

«Det er vist verre enn vi Kvinner vét om iallfall.» sagde Dagmar; «og derfor» – ho saag til ein annan Kant – «og derfor saa er jeg svært fornøiet, jeg for min Part; for dej er jeg trygg paa.» Ho tok Mod til seg og vilde sjaa han i Augo; men no var det Laurits som saag til ein annan Kant. «Ja ikke sandt,» heldt ho fram, «jeg har ikke tat Feil paa det. Man tar ikke lett Feil paa saan't, tror jeg.»

Han snudde seg til henne; saag paa henne med Augo som bad. Djupt i seg sjølv kjende han, at han torde ikkje segja Sanningi. Ikkje um det galdt hans Liv. Og som han saag desse søte, fine Drag og desse klaart straalande Augo, vart det ein framand Ting for han, at han kunde ha gjort noko stygt. Hadde han gjort det, so maatte det ha vore i Vilska. Ein fortalde ikkje slikt; han for sin Part vilde aldri spyrja henne um Bjølsvik. Ver resolutt, Laurits, sagde det i Øyro hans; lat Foten fara og frels Live! Han svara det som etter hans Hjartans Meining burde vera sant; «naturligvis har du ikke tat feil,» sagde han. «Je kann … med Sandhed si, at … Kvinnen har været mej … urørlig.»

Ho smilte; «du maatte tænke dei om?» spurde ho, halvt skjemtande.

Det var so rart aa høyre deg spyrja um slikt, sagde Laurits; eg tenkte du hadde meir Tillit til meg. Han strauk seg yvi Andlite med Lùmmeplagge.

Det var berre ei Form, svara Dagmar. «Overfor mine Veninner maa jeg kunne si med Sandhet – og Sandhet i alt, vét du, Laurits; Sandheten maa være oss hellig –»; ho saag paa han.

«Sandheden maa være oss hellig,» nikka Laurits resolutt.

Han var yvi det verste.